St.prp nr. 1 Tillegg nr. 6 (1996-97)

FOR BUDSJETTERMINEN 1997 Om støttetiltak for fiskerinæringa for 1997

Til innholdsfortegnelse

3 STØTTETILTAKA FOR 1996

For 1996 vart det løyvd 70 mill. kroner i støtte til fiskerinæringa. På bakgrunn av at det ikkje vart semje om ramma, ønskte Norges Fiskarlag ikkje å vere med på forhandlingar om fordeling av ramma. Fordelinga av støtteramma vart då fastsett av Fiskeridepartementet. I tillegg vart det løyvd 18 mill. kroner til førings- og pakketilskott etter forslag i St prp nr 58 (1995-96) Om prioriteringer og tilleggsbevilgninger på statsbudsjettet i 1996. Løyvinga vart fordelt som vist i tabell 3.1.

Tabell 3.1 Løyvingar til fiskerinæringa for 1996

Ramme 1996Mill.
kroner
Føringstilskott m.v17+18
Garantilott35
Driftstilskott lineegnesentralar3
Selfangststøtte8
Reservebeløp7
TOTALT88

Ved utgangen av 1995 stod det att i overkant av 59 mill. kroner som var bundne opp i tilsegn eller tiltak. Løyvingane for 1996 og det attståande beløpet var til saman i overkant av 147 mill. kroner, jf. Fiskeridepartementet sin budsjettproposisjon for 1997.

Det var pr. 31. oktober 1996 utbetalt noko over 73 mill. kroner i 1996. Dette medfører at det står att om lag 74 mill. kroner. Det meste av dette beløpet er øyremerkt særskilde formål.

Til forsiden