St.prp nr. 1 Tillegg nr. 6 (1996-97)

FOR BUDSJETTERMINEN 1997 Om støttetiltak for fiskerinæringa for 1997

Til innholdsfortegnelse

1 SAMANDRAG

Støtteramma for fiskerinæringa for 1996 på 70 mill. kroner vart fastsett ved vedtak i Stortinget 18. desember 1995, jf St prp nr 1 Tillegg nr 8, og Budsjett-innst S nr 8 Tillegg nr 2, båe for 1995-96. I tillegg vart det løyvd 18 mill. kroner til førings- og pakketilskott etter forslag i St prp nr 58 (1995-96) Om prioriteringer og tilleggsbevilgninger på statsbudsjettet i 1996.

Norges Fiskarlag la i brev av 19. november 1996 fram eit støttekrav for 1997 på 250 mill. kroner.

Etter forhandlingar kom partane til semje den 27. november om ei ramme på 90 mill. kroner i fiskeristøtte for 1997 som Regjeringa med dette legg fram for Stortinget. I tillegg kjem 5 mill. kroner i tilskott til utviklingstiltak.

Til forsiden