Del 5
Særskilde tiltak
7 Fornying og organisasjonsendringar
Som varsla i Ot.prp. nr. 43 (2005–2006) vart eit forslag til meir omfattande og permanente endringar i friskolelova lagt fram for Stortinget våren 2007. Den varsla endringslova vart behandla av Stortinget 7. juni 2007, og lov om private skolar med rett til statstilskott (privatskolelova) trådde i kraft 1. juli 2007. Lova inneber at privatskolar ikkje lenger har rett til godkjenning, men at departementet etter ei samla vurdering kan godkjenne nye skolar og driftsendringar ved allereie eksisterande skolar.
Nye skolar som søkjer om godkjenning etter privatskolelova, må oppfylle bestemte krav. Skolar som blir godkjende med rett til statstilskott, skal drive verksemda si anten på religiøst grunnlag, etter ei anerkjent pedagogisk retning, eller vere ein sertifisert internasjonal skole. I tillegg blir det opna for godkjenning med rett til statstilskott til særskilt tilrettelagd vidaregåande opplæring i kombinasjon med toppidrett, norsk grunnskoleopplæring i utlandet og til skolar som er særskild tilrettelagde for funksjonshemma.
Kunnskapsdepartementet har i 2007, på bakgrunn av akkreditering frå Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT), godkjent ny institusjonsstatus for Universitetet i Agder, tidlegare Høgskolen i Agder.
Regjeringa har sett ned eit utval (Utval for høgre utdanning) som skal vurdere om gjeldande kategoriar, standardar og kriterium for akkreditering av universitet og høgskolar er tilpassa dei overordna måla for utdannings- og forskingspolitikken. Måla i Soria Moria-erklæringa om å styrkje det regionale og universitets- og høgskolesystemet skal vere ein sentral premiss for arbeidet. Utvalet skal levere innstillinga si seinast 31. desember 2007. Regjeringa vil ta stilling til oppfølginga av utgreiinga etter at ho er levert.
Senter for internasjonalisering av høgre utdanning (SIU) er frå 1. januar 2006 organisert som eit forvaltningsorgan med særskilde fullmakter.
Samordningsgruppa for nettstader i utdanningssektoren (SANU) vart oppretta i 2005. SANU vart oppretta for å ta i vare implementeringa av tiltak i departementets portalstrategi Kultur for deling. Hovudoppgåva for SANU er å syte for samordning av innhald, tekniske løysingar og standardar for utdanningssektorens portalar og nettstader som heilt eller delvis er finansierte av staten. SANU har til no prioritert arbeidet med å gjere tilgjengeleg digitale læringsressursar og har òg arbeidd med tiltak for universell utforming.
Innanfor ramma av SANU er det oppretta eit redaktørnettverk som skal medverke til å styrkje samarbeidet mellom dei ulike nettstadane, og komme med forslag til prosjekt for samordning.
Departementet har vedteke å leggje til rette for ei elektronisk identitetsforvaltning (FEIDE) for grunnopplæringa tilsvarande den for høgre utdanning. Saman med eId (elektronisk identifisering) vil FEIDE dekkje kravet i sektoren til sikker autentisering, og løysinga støttar opne standardar i sektoren. FEIDE skal mellom anna leggje til rette for auka konkurranse mellom leverandørar av digitale tenester og sikre auka valfridom for skolar og institusjonar i utdanningssektoren.
Som ei oppfølging av St.meld. 16 (2006–2007) er det sett ned ei tverrdepartemental arbeidsgruppe som skal sjå på korleis regionale partnarskap for karriererettleiing kan bli implementerte i alle fylke. Gruppa skal òg vurdere behovet for eit nasjonalt kompetansesenter for karriererettleiing, og føreslå ulike modellar for eit slikt senter. Gruppa leverte utgreiinga si 1. oktober 2007. Regjeringa vil no ta stilling til saka.
I St. meld. nr. 20 (2004–2005) Vilje til forskning gjekk Regjeringa Bondevik II inn for å endre systemet for basisfinansiering av forskingsinstitutta slik at tildelinga av grunnløyving blir resultatbasert ut frå indikatorar for kvalitet og relevans. Stortinget slutta seg til forslaget.
Regjeringa vil innføre eit nytt basisfinansieringssystem for forskingsinstitutta. Hovudformålet med den statlege grunnløyvinga skal framleis vere å gi institutta rom for langsiktig kunnskaps- og kompetanseoppbygging. Det nye systemet vil fordele delar av grunnløyvinga etter oppnådde resultat. Storleiken på grunnløyvinga vil bli fastsett ut frå skår på resultatindikatorane vitskapleg publisering, inntekter frå Forskingsrådet, internasjonale inntekter og doktorgradsstipendiatar finansierte av institutta. Omsynet til at institutta skal vere relevante for nærings- og samfunnsliv, blir teke i vare ved at skåren på desse kvalitetsindikatorane vil bli vekta mot oppdragsinntektene til institutta som del av deira totale inntekter. Regjeringa tek sikte på at det nye grunnløyvingssystemet blir innført frå og med 2009.
8 Likestilling i barnehage-, utdannings- og forskingssektoren
Barnehage-, utdannings- og forskingspolitikken skal medverke til å fremme likestilling mellom kjønna i det norske samfunnet. Kunnskapsdepartementet har som strategiske likestillingsmål i politikkområdet å arbeide for at likestilling blir ein del av verdigrunnlaget i barnehagen, i utdanningane og i forskinga.
Desse måla søkjer departementet å integrere i styringa av sektorområda og i utforminga av barnehage-, utdannings- og forskingspolitikken.
Arbeidet med Handlingsplan for likestilling i barnehagen 2004–2007 vil bli ført vidare gjennom strategien for likestilling i barnehage og grunnopplæring. Det viktige arbeidet med å rekruttere fleire menn til barnehagen vil bli omfatta både av denne strategien og Strategi for rekruttering av førskolelærere til barnehagen 2007–2011. Barnehagane er omtalte under kategori 07.30.
Gjennom strategien for likestilling i barnehage og grunnopplæring vil integrering av likestillingsarbeid på desse områda bli følgt opp av Utdanningsdirektoratet i samarbeid med berørte aktørar. Det vil bli presentert årlege tiltaksplanar. Kategori 07.20 gir omtale av kjønnsforskjellar i læringsutbytte og -resultat i grunnopplæringa, og om tiltak for å få til ei tilpassa opplæring som kan jamne ut forskjellar og gi best mogleg læringsutbytte. Under kap. 226 er det gitt oversikt over tiltak for å utvikle yrkes- og studierettleiinga og for å betre lærings- og oppvekstmiljøet til elevane, mellom anna strategien for likestilling i barnehage og grunnopplæring.
Vedlegg 2 gir omtale av kjønnsbalansen i ulike høgre utdanningar. Det er tilsett om lag like mange menn og kvinner i undervisnings- og forskarstillingar ved dei statlege høgskolane. Men det er framleis stor overvekt av kvinner på sjukepleiarutdanningane og stor overvekt av menn på ingeniørutdanningane. Det er òg overvekt av menn i dei høgre stillingskategoriane. Delen kvinnelege professorar har auka frå 14 pst. i 2003 til om lag 17 pst. i 2006.
Komité for integreringstiltak – kvinner i forsking, som i tre år har støtta institusjonane i arbeidet med å integrere likestilling i den langsiktige og strategiske utviklinga av forskingsmiljøa, blir vidareført i ytterlegare tre år (2007–09). Mandatet for den nye komiteen er utvida til også å omfatte forskingsinstituttsektoren. Avslutningsrapporten frå den første komiteen finnast på nettstaden www.kvinneriforskning.no. I sluttrapporten finst det mellom anna ei rekkje råd til korleis institusjonane kan arbeide med integrering av likestilling. Arbeidet for å rekruttere fleire kvinner til forsking er omtala i kategoriane 07.60 og 07.70.
Som arbeidsgivar er Kunnskapsdepartementet pliktig til å arbeide for å betre kjønnslikestillinga i samfunnet. Derfor har departementet som mål å oppnå best mogleg kjønnsbalanse i organisasjonen og gi dei tilsette tilgang til utvikling, karriere og velferd uavhengig av kjønn.
64 pst. av dei tilsette i departementet er kvinner. Kvinnedelen har stige jamt sidan 2001, da han var på 59 pst. Departementet vil i sitt rekrutteringsarbeid vurdere korleis delen menn kan aukast.
Snittlønna for kvinner låg i januar 2007 på om lag 92,9 pst. av snittlønna for menn. Statistikken for januar 2007 syner at 27,8 pst. av kvinnene er lønte i deltidsstilling, medan det same gjeld for 13,3 pst. av dei mannlege tilsette.
Menn og kvinner er omtrent like ofte heime med sjuke barn. I 2006 var mennene sin del av fråværet knytt til omsorg for sjuke barn på 35 pst. Til samanlikning utgjorde mennene ved utgangen av fjoråret 34,2 pst. av dei tilsette i aldersgruppa 25–49 år. Av fråværet knytt til fødselspermisjon sto menn for 3,3 pst. i fjor. Dette er ein nedgang frå året før, da det tilsvarande talet var 7,6 pst. Departementet vil i sin lønnspolitikk spesielt vere merksam på om fødsels- og omsorgspermisjonar verkar hindrande med omsyn til lønnsutviklinga.
Det legemeldte sjukefråværet var i 2006 på henholdsvis 3,3 pst. for kvinner og 1,5 pst. for menn. Dette mønsteret finn ein gjennomgåande i heile samfunnet. Departementet er ein inkluderande arbeidsbedrift, jf. omtale under kap. 200.
Både kvinner og menn nytter seg av tilbodet om heimekontor og fleksible arbeidstidsordningar som mellom anna gjer det enklare å kombinere omsorg for små barn med ein krevjande jobb.
Overtidsbruken i departementet går ned. I 2006 arbeidde ein kvinneleg tilsett i Kunnskapsdepartementet i snitt 22,6 timar overtid. Det tilsvarande timetalet for ein mann var 34,8. I januar 2007 var 53,8 pst. av leiarane i Kunnskapsdepartementet kvinner. Mens kvinnerepresentasjonen i toppleiargruppa fram til 2004 låg på 20–30 pst., er han i dag på 44 pst. Gjennom fleire år har departementet lagt vekt på å rekruttere, kvalifisere og motivere kvinner til leiande stillingar. Departementet vil arbeide vidare for å halde oppe den gode kjønnsbalansen på leiarnivå.
9 Miljø
Kunnskapsdepartementet arbeider for å ha ein god miljøprofil innanfor dei ulike sektorane departementet og underliggjande verksemder er med på å forme.
I barnehagane og på skolane er formidling av kunnskap og gode holdningar til miljøet ein integrert del av det pedagogiske opplegget. Omsorg, oppseding og læring i barnehagen skal fremme menneskeleg likeverd, likestilling, åndsfridom, toleranse, helse og forståing for berekraftig utvikling. I dette inngår kjærleik til naturen, forståing for samspelet i naturen og mellom menneska og naturen. Natur, miljø og teknikk er ein integrert del av det pedagogiske opplegget i barnehagen, jf. Rammeplan for barnehagen. Vidare har norsk skole gått føre med å integrere miljølære i læreplanverka. Dette er det teke omsyn til i dei nye læreplanane for grunnopplæringa. Opplæringa skal gi mest mogleg heilskaplege kunnskapar og forståing. Opplæringa skal òg utvikle evne og vilje til å arbeide for eit samfunn som er i samsvar med naturressursgrunnlaget.
Universiteta og høgskolar er også viktige institusjonar for kunnskapsformidling, men òg for forsking på miljøet. Miljøretta forsking er viktig for å få god forståing for miljøet og for korleis miljøet utviklar seg; dette er ein viktig føresetnad for god og fornuftig miljøpolitikkutforming. I St.meld. nr. 20 (2004–2005) Vilje til forskning er energi og miljø peikte ut som eit av fire tematiske satsingsområde i norsk forsking dei kommande åra. Kunnskapsdepartementet støttar òg oppunder klimaforsking mellom anna gjennom løyvingar frå Fondet for forsking og nyskaping til programmet NORKLIMA under Noregs forskingsråd. I tillegg finansierer Kunnskapsdepartementet forsking innanfor EUs rammeprogram, og store delar av denne er miljørelatert. Eit anna viktig tiltak er Kunnskapsdepartementets finansiering av kontingenten for norsk medlemskap i Global Biodiversity Information Facility (GBIF), som er eit internasjonalt initiativ for å sikre elektronisk tilgang til biodata for forskarar og andre interesserte over heile verda. Noregs forskingsråd representerer Noreg i GBIF.
Universitetsmusea utspeler òg ei viktig rolle i å forvalte vitskaplege natur- og kulturhistoriske samlingar. Desse muséa har ei viktig miljøpolitisk rolle gjennom forsking og formidling knytte til deira samlingar. Universitetsmuséa er mellom anna pålagde ei rekkje forvaltningsoppgåver etter kulturminnelova.
Hausten 2003 vart det oppretta ein eigen nasjonal artsdatabank lokalisert i Trondheim, knytt til Vitskapsmuseet ved Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet. Artsdatabanken starta arbeidet sitt i januar 2005 og er ei nasjonal elektronisk oversikt over eigenskapar for og omfang av biologisk mangfald i Noreg både når det gjeld naturtypar, artar og populasjonar (genetisk variasjon). Artsdatabanken er til bruk i miljøforvaltning, undervisning og forsking. I dei første åra skal Artsdatabanken prioritere sårbare og trua artar, trua naturtypar og introduserte problemartar.
UNESCO har fått i oppgåve å koordinere tiltak som vil fremme FNs utdanningstiår for berekraftig utvikling (2005–14). UNESCO ser denne oppgåva i samanheng med FNs alfabetiseringstiår (2003–12), og har utvikla eit nasjonalt dokument for utdanning for berekraftig utvikling i grunnopplæringa. Kunnskapsdepartementet vil følgje opp det vidare arbeidet med FNs utdanningstiår for berekraftig utvikling i tida framover.
Meteorologisk institutt har i tillegg til ei rekkje andre funksjonar òg ei viktig rolle som kartleggjar av dei klimatiske endringane. Meteorologisk institutt skal følgje den globale og nasjonale klimautviklinga og skal gi tilfredsstillande klimainformasjon for samfunnsplanlegging og for utforming av Noregs klimapolitikk. Instituttet skal arbeide for at styresmakter, næringsliv, institusjonar og folk flest best mogleg skal få høve til å sikre liv og verdiar gjennom planmessig vern om miljøet.