Del 4
Ressursar i grunnopplæringa
6 Ressursar i grunnopplæringa
Innleiing
Dette kapitlet gir oppdatert informasjon om status og utvikling når det gjeld ressursbruken i grunnopplæringa. Talet på elevar, lærlingar og lærarar er objektive faktorar som er avgjerande for ressursbruken i skolen. Skolestruktur har òg stor innverknad på kostnadsnivået, men denne er til dels gjenstand for lokale prioriteringar.
Det er kommunane og fylkeskommunane som er ansvarlege for drifta av høvesvis grunnskolen og vidaregåande opplæring. Grunnskolen og den vidaregåande opplæringa blir i hovudsak finansierte gjennom dei frie inntektene til kommunane og fylkeskommunane. Både i kommunane og i fylkeskommunane er opplæring ein stor og viktig sektor. Den delen av driftsutgiftene i kommunane som går til skolesektoren, har lege på i underkant av 30 pst. i dei siste åra, medan tilsvarande tal for fylkeskommunane har lege på om lag 64 pst. Ressursbruken i grunnopplæringa i Noreg har vore relativt stabil i dei siste åra, både når det gjeld totale ressursar og ressursar per elev.
Kapitlet startar med ei orientering om utvikling i talet på elevar og lærlingar i grunnopplæringa, med informasjon om mellom anna fordeling på studieretning. Vidare er det ein omtale av vaksne i grunnopplæringa, skolefritidsordninga og leirskoleordninga. Dei neste tema er lærartettleik og skolestruktur, før det blir gitt ein omtale av kommunale utgifter til grunnopplæring og utgifter per elev. Mot slutten av kapitlet er spesialundervisning, IKT i opplæringa og internasjonale undersøkingar tema.
Talgrunnlaget er i hovudsak henta frå Grunnskolens informasjonssystem (GSI), Statistisk sentralbyrå, KOSTRA og Utdanningsspeilet 2006 frå Utdanningsdirektoratet.
Elevar og lærlingar i grunnopplæringa
Etter fleire år med sterk auke i elevtalet i grunnskolen har talet på elevar i dei siste åra lege på om lag 620 000, medan talet på elevar i vidaregåande opplæring framleis aukar og var på i overkant av 193 000 i skoleåret 2006–07. Elevtalet på ungdomstrinnet har auka meir enn på barnetrinnet. Dette er eit resultat av at dei store fødselskulla i byrjinga av nittiåra no er i ungdomsskolealder og i vidaregåande opplæring.
Tabell 6.1 Elevar i grunnskolen og vidaregåande opplæring. 2002–06
2002 | 2003 | 2004 | 2005 | 2006 | |
---|---|---|---|---|---|
Grunnskolen | 610 297 | 617 577 | 618 250 | 620 353 | 619 728 |
Vidaregåande opplæring | 168 287 | 177 7741 | 173 949 | 182 926 | 193 057 |
1 Tal på elevar i vidaregåande opplæring for 2003 kan ikkje direkte samanliknast med tal frå 2002 og 2004. Årsaka er ulik rapportering av vaksne elevar. I tillegg er studentar i fagskolar tekne ut per oktober 2004. Talet for 2003 viser eit for høgt tal samanlikna med dei andre åra.
Kjelde: Grunnskolens informasjonssystem og Statistisk sentralbyrå
Med innføringa av Kunnskapsløftet er det teke i bruk nye omgrep innanfor vidaregåande opplæring. Det som i gammal ordning heiter grunnkurs, vidaregåande kurs 1 og vidaregåande kurs 2, heiter no vidaregåande trinn 1, 2 og 3 (Vg1, Vg2 og Vg3).
Tilnærma 97 pst. av dei 63 023 elevane som gjekk ut frå tiande trinn i grunnskolen våren 2006, gjekk direkte over til vidaregåande opplæring det påfølgjande skoleåret. Av det totale talet på søkjarar til Vg1 i skoleåret 2006–07 kom 81 pst. direkte frå grunnskolen, mens 9 pst. av søkjarane gjekk på grunnkurs i 2005–06.
Tabell 6.2 Tal på elevar på Vg1 per 1. oktober 2006 etter utdanningsprogram
Utdanningsprogram | Elevar | Del elevar |
---|---|---|
Alternativ opplæring | 2 419 | 3,2 % |
Bygg/anleggsteknikk | 5 634 | 7,4 % |
Design/handverksfag | 3 420 | 4,5 % |
Elektrofag | 4 302 | 5,6 % |
Helse/sosialfag | 8 174 | 10,7 % |
Idrettsfag | 3 950 | 5,2 % |
Medium/kommunikasjon | 3 099 | 4,1 % |
Musikk, dans, drama | 2 265 | 3,0 % |
Naturbruk | 1 705 | 2,2 % |
Restaurant/matfag | 3 195 | 4,2 % |
Service/samferdsel | 3 487 | 4,6 % |
Studiespesialisering | 28 132 | 36,8 % |
Teknikk/industriell produksjon | 6 479 | 8,5 % |
Tekniske allmennfag | 222 | 0,3 % |
Alle utdanningsprogram | 76 483 | 100 % |
Kjelde: Utdanningsdirektoratet
Tabell 6.2 viser at det er 76 483 elevar på Vg1 i 2006–07. Det er klart flest elevar på utdanningsprogrammet studiespesialisering. Om lag 92 pst. av elevane på Vg1 har ungdomsrett. Delen med ungdomsrett er størst på idrettsfag og medium og kommunikasjon, mens han er lågast på naturbruk.
Det er til dels store kjønnsforskjellar mellom studieprogramma. Både bygg/anleggsteknikk, elektrofag og teknikk/industriell produksjon har mindre enn ti pst. jenter, mens studieretningane for helse/sosialfag og design/handverksfag har over 80 pst. jenter.
I skoleåret 2006–07 var det 65 160 elevar på vidaregåande kurs I og 51 414 elevar på vidaregåande kurs II.
Per 1. oktober 2005 var talet på lærlingar 31 316. På same tidspunkt i 2006 var talet auka til 33 829. Dette er 2 500 fleire kontraktar enn i 2005, og heile 4 800 fleire enn i 2004. Om lag 69 pst. av lærlingane med nye kontraktar har ungdomsrett.
Det er innanfor byggfag, mekaniske fag og elektrofag det er flest lærlingar. Færrast kontraktar er det på kjemi- og prosessfag, medium og kommunikasjonsfag og trearbeidsfag.
Utdanningsspeilet 2006 gir meir informasjon om elevar og lærlingar i grunnopplæringa.
Vaksne i grunnopplæringa
Om lag 10 000 vaksne får kvart år opplæring på grunnskolenivå. Talet har vore relativt stabilt frå 2002. Talet på vaksne elevar med språkleg minoritetsbakgrunn har auka frå 22 til 32 pst. i same periode.
Hausten 2006 var det 4 268 vaksne med i ordinær grunnskoleopplæring. Rundt 70 pst. av desse hadde språkleg minoritetsbakgrunn. 6 352 fekk spesialundervisning. Av desse hadde 5,6 pst. språkleg minoritetsbakgrunn (Utdanningsspeilet 2006). Det er om lag like mange vaksne kvinner som menn som får grunnskoleopplæring.
Tal som er henta direkte frå fylkeskommunane, viser at vel 21 000 vaksne til kvar tid er med i vidaregåande opplæring (VOX). Dei fleste får opplæring gjennom vaksenopplæringstilbod og er ikkje ein del av den generelle søkjar- og elevstatistikken for vidaregåande opplæring. Om lag 75 pst. av dei vaksne i vidaregåande opplæring får opplæring spesielt organisert for vaksne. Statistikkgrunnlaget for vaksne i vidaregåande opplæring har førebels manglar. Problema er mellom anna knytte til at fylkeskommunane har ulike administrative system for rapportering, og at dei rapporterte på ulike måtar. Arbeidet med å betre dette statistikkgrunnlaget er prioritert både i departementet, utdanningsdirektoratet og hos Vox.
Skolefritidsordninga
Hausten 2006 gjekk i alt 134 701 barn i skolefritidsordning (SFO). Av barna i SFO går 97,6 pst. i kommunale ordningar, 2 pst. i private ordningar og resten ved statlege skolar og spesialskolar. Delen barn på 1.–4. trinn som går i SFO, var på 55,3 pst. og har stabilisert seg på om lag 55 pst. i dei siste fire åra.
GSI-tal for hausten 2006 viser at 52 pst. av barna i SFO hadde plass med lang opphaldstid. I gjennomsnitt var foreldrebetalinga for ein elev som var 25 timar per uke i SFO kr 1 785 per månad. Foreldrebetalinga for ein elev som var i SFO 10 timar per uke var i snitt kr 1 044 per månad.
Leirskoleordninga
I skoleåret 2006–07 planla 64 969 elevar å delta på eit leirskoleopphald. Dette utgjer om lag 10 pst. av elevane i grunnskolen, og er i samsvar med målsetjinga om at alle elevar skal få ta del i eit leirskoleopphald minst éin gong i grunnskolen. Delen elevar som har dratt på leirskole, har lege på om lag ti pst. sidan 2001.
Lærartettleik
Lærarårsverk og elevar per lærarårsverk
Årsverk er ein sentral indikator på ressursbruk sidan lærarlønn er den klart største enkeltkomponenten av driftskostnadene. Ifølgje GSI var det i 2006 i underkant av 53 000 lærarårsverk i grunnskolen. Dette er om lag 600 fleire årsverk enn i fjor. I vidaregåande opplæring har talet på lærarårsverk vore relativt stabilt på i overkant av 22 000 frå 2000 til 2004, for så å gå noko ned i 2005. I 2006 har talet igjen auka noko.
Tabell 6.3 Utvikling i lærarårsverk
Skoleår | Lærarårsverk i grunnskolen | Lærarårsverk i vidaregåande opplæring1 |
---|---|---|
2002–03 | 51 197 | |
2003–04 | 49 539 | 22 365 |
2004–05 | 50 832 | 22 332 |
2005–06 | 50 801 | 19 955 |
2006–07 | 51 423 | 20 654 |
1 Fylkeskommunale skolar, tal for 2002 - 03 eksisterer ikkje.
Kjelde: Grunnskolens informasjonssystem og Statistisk sentralbyrå
Tabell 6.4 viser at elevar per lærarårsverk i grunnskolen har haldt seg på eit relativt stabilt nivå i dei siste åra.
Tabell 6.4 Elevar per lærarårsverk
Skoleår | Elevar per lærarårsverk i grunnskolen totalt | Elevar per lærarårsverk på barnetrinna | Elevar per lærarårsverk på ungdomstrinna |
---|---|---|---|
2002–03 | 11,9 | 12,9 | 9,9 |
2003–04 | 12,5 | 13,3 | 10,6 |
2004–05 | 12,2 | 13,0 | 10,4 |
2005–06 | 12,2 | 13,1 | 10,5 |
2006-07 | 12,1 | 13,0 | 10,4 |
Kjelde: Grunnskolens informasjonssystem og KOSTRA
Talet på elevar per lærarårsverk i fylkeskommunale vidaregåande skolar var 8,8 elevar per lærarårsverk i 2005–06 og 8,7 i 2006–07.
Berekna gjennomsnittleg gruppestorleik
Indikatoren berekna gjennomsnittleg gruppestorleik kjem fram ved å sjå på forholdet mellom elevtimar og lærartimar. Med elevtimar meiner ein dei totale ordinære timane til undervisning elevane får kvart år. Lærartimar er summen av alle timar lærarane gir undervisning per år. Indikatoren gir uttrykk for kor mange elevar ein lærar har i gjennomsnitt per undervisningstime. Dette omfattar også timar til spesialundervisning og særskilt norskopplæring for språklege minoritetar. Sidan desse timane blir inkluderte, kan det føre til at gruppestorleiken verkar lågare enn det nokre elevar og lærarar opplever i kvardagen.
I skoleåret 2006–07 var den gjennomsnittlege gruppestorleiken i grunnskolen på 14,0 for heile landet. I 2005–06 var gruppestorleiken 14,1.
Elevar per kontaktlærar
I opplæringslova heiter det at kvar elev skal vere tilknytt ein lærar (kontaktlærar) som har særleg ansvar for dei praktiske, administrative og sosialpedagogiske gjeremåla som gjeld eleven, blant anna kontakten med heimen. I skoleåret 2006–07 var det i gjennomsnitt 15,4 elevar per kontaktlærar i grunnskolen. Dette er ein reduksjon på 0,2 frå skoleåret 2004–05. I skoleåret 2006–07 var det i gjennomsnitt under 15 elevar per kontaktlærar i 67,5 pst. av kommunane. Dette er ein reduksjon samanlikna med tidlegare skoleår. 41,8 pst. av det totale elevtalet går på skolar med under 15 elevar per kontaktlærar.
Skolestruktur
I skoleåret 2006–07 var det 3 229 offentlege og frittståande grunnskolar i Noreg. Av desse var 59 pst. reine barneskolar, 25 pst. kombinerte skolar og i underkant av 16 pst. ungdomsskolar. Talet på frittståande eller private grunnskolar var 166 i 2006–07.
Storleiken på grunnskolane varierer frå berre to elevar i nokre få tilfelle til nærmare 800 elevar på dei største skolane. Tabellen nedanfor illustrerer fordelinga av små, mellomstore og store skolar. Det har vore ei utvikling i retning av fleire store skolar og færre små skolar. I dei siste åra har fordelinga vore om lag uendra.
Tabell 6.5 Fordeling av små, mellomstore og store grunnskolar (i pst.)
1997 | 2000 | 2004 | 2006 | |
---|---|---|---|---|
Mindre enn 100 elevar | 40 | 37 | 35 | 35 |
100–299 elevar | 42 | 41 | 39 | 40 |
300 elevar eller meir | 19 | 22 | 26 | 26 |
Kjelde: Utdanningsspeilet 2006.
8 pst. av elevane går på skolar med mindre enn 100 elevar, 39 pst. går på skolar som har mellom 100 og 299 elevar, og 53 pst. går på skolar med meir enn 300 elevar. Delen elevar som går på store skolar, auka med 10 prosentpoeng i perioden 1997–2006.
Frå skoleåret 2005–06 til 2006–07 vart det lagt ned 45 grunnskolar og fem spesialskolar. Tre av dei nedlagde skolane var friskolar. Elleve av dei 50 nedlagde skolane hadde samanheng med reine organisatoriske omleggingar, til dømes samanslåing av fleire skolar. Dermed var det reelt sett 49 skolar som vart nedlagde. I same periode er det oppretta 13 nye skolar, fem av desse var friskolar. I tillegg er det oppretta fire spesialskolar.
Tal frå Statistisk sentralbyrå syner at det hausten 2005 var registrert 466 vidaregåande skolar. Talet på vidaregåande skolar totalt har ikkje endra seg vesentleg i dei siste åra. I dei to siste åra har òg delen frittståande skolar ligge stabilt på om lag 18 pst. Delen elevar som går i frittståande vidaregåande skoler har likevel auka noe siste året, frå 5 til 6 pst.
Kommunal ressursbruk målt i utgifter til grunnopplæringa
Del av kommunale/fylkeskommunale utgifter
Netto driftsutgifter til grunnskoleopplæring i pst. av dei samla netto driftsutgiftene i kommunane har lege stabilt på 29,2 pst. i 2005 og 2006. Vidaregåande opplæring er den klart største utgiftsposten i fylkeskommunane. I 2006 var delen av netto driftsutgifter til vidaregåande opplæring på 64,7 pst., opp frå 63,8 pst. i 2005.
Utgifter per elev
Korrigerte brutto driftsutgifter viser dei driftsutgiftene kommunane har til undervisning, inkludert drift av skolelokale og skyss. Korrigerte brutto driftsutgifter per elev i grunnskolen var kr 68 758 i 2006. Dette er ein auke på 5,8 pst. frå 2005.
Det er ein betydeleg auke i driftsutgifter til inventar/utstyr og undervisningsmateriell med høvesvis 24,1 pst. og 24,0 pst. frå 2005 til 2006. Kunnskapsløftet og behov for utskifting av læremiddel som følgje av nye læreplanar (og som kommunane er særskilt kompenserte for) forklarer auken i driftsutgifter til undervisningsmateriell.
Det er sannsynleg at det gode kommuneopplegget for 2006 har medverka til auken i utgifter per elev. Men tala viser likevel ein forholdsvis lav realvekst på to pst. frå 2005 til 2006 (deflator 3,7 pst.).
Tabell 6.6 Korrigerte brutto driftsutgifter per elev (i løpande prisar, kroner)
2003 | 2004 | 20051 | 2006 | |
---|---|---|---|---|
Grunnskolen | ||||
Korrigerte brutto driftsutgifter per elev | 63 469 | 64 949 | 65 007 | 68 758 |
– Lønnsutgifter per elev | 49 119 | 49 901 | 51 979 | 54 410 |
– Driftsutgifter til inventar og utstyr per elev | 588 | 623 | 655 | 813 |
– Driftsutgifter til undervisningsmateriell per elev | 1 279 | 1 158 | 1 101 | 1 364 |
Vidaregåande opplæring | ||||
Korrigerte brutto driftsutgifter per elev i allmennfaglege studieretningar | 86 288 | 85 808 | 85 282 | 92 084 |
– Lønnsutgifter per elev i allmennfaglege studieretningar | 52 941 | 51 946 | 52 271 | 54 167 |
Korrigerte brutto driftsutgifter per elev yrkesfaglege studieretningar | 106 456 | 106 334 | 107 554 | 116 088 |
– Lønnsutgifter per elev i yrkesfaglege studieretningar | 68 530 | 68 253 | 70 364 | 73 345 |
1 Tala for vidaregåande opplæring for 2005 kan ikkje samanliknast med tala for 2004 og 2006.
Kjelde: KOSTRA per 15. juni 2007, Statistisk sentralbyrå
Nokre fylkeskommunar har auka bruken sin av kjøp av tenester frå eigne føretak og interkommunale selskap. I KOSTRA-tala for vidaregåande opplæring er det derfor innført ein ny definisjon av korrigerte brutto driftsutgifter frå og med 2006, der dei utgiftene fylkeskommunane har til kjøp av tenester frå eigne føretak og interkommunale selskap, er tekne med. Tal med ny definisjon for 2006 er samanliknbare med tal for 2004, ikkje med tala for 2005.
Frå 2004 til 2006 var det ein auke i utgifter per elev i allmennfaglege studieretningar på 7,3 pst., mens det for dei yrkesfaglige studieretningane var ein auke på 9,2 pst.
Lønnsutgiftene er den klart største driftskostnaden både i grunnskolen og i vidaregåande opplæring. I grunnskolen utgjorde lønnsutgiftene 79 pst. av dei totale driftskostnadene, medan den same delen i vidaregåande opplæring var 59 og 63 pst. på høvesvis allmennfaglege og yrkesfaglege studieretningar i 2006.
Kommunale forskjellar i ressursbruk
Senter for økonomisk forsking (SØF) har i rapporten Ressursbruk i grunnopplæringa analysert ressurssituasjonen i grunnskolen. Av rapporten går det fram at det er stor variasjon i ressursinnsats per elev kommunane imellom.
Figur 6.1 viser fordelinga av kommunar etter driftsutgifter per elev og behovskorrigerte driftsutgifter per elev. Behovskorrigerte driftsutgifter tek omsyn til forhold som kommunane sjølve ikkje kan påverke, til dømes spreidd busetting. Dei fleste kommunane har driftsutgifter som ligg nær opp til gjennomsnittet på om lag kr 63 000 per elev. 70 pst. av kommunane ligg mellom kr 55 000 og kr 80 000.
Om behovskorrigerte driftsutgifter blir lagde til grunn, er det derimot langt fleire kommunar som ligg i intervallet kr 55 000–80 000 per elev, faktisk heile 83 pst. Årsaka til dette er at behovskorrigeringa er med på å «auke» utgiftsnivået i kommunar som har låge faktiske utgifter per elev, og til å «redusere» utgiftsnivået i kommunar som har høge faktiske utgifter per elev. Dette tyder på at det er mindre variasjonar i kommunanes prioriteringar av grunnskolen enn det korrigerte driftsutgifter tyder på.
Utdanningsspeilet 2006 gir nærmare omtale av variasjonar i ressursbruken mellom kommunar og mellom fylkeskommunar.
Kommunar med særleg låg ressursinnsats
SØF finn at dei sju kommunane med lågast ressursinnsats er kjenneteikna ved at dei anten har svært lågt innbyggjartal eller eit svært spreitt busetjingsmønster (som målt i kostnadsnøkkelen i inntektssystemet til kommunane) og dermed svært høge faktiske driftsutgifter per elev. Sidan det her er tale om nokså spesielle kommunar, bør ein vere forsiktig med å omtale kostnadsnivået i desse kommunane som problematisk. Det kan like gjerne vere at kostnadsnøkkelen overvurderer kostnadsulempene i desse kommunane.
Spesialundervisning
På landsbasis går 15 pst. av dei totale lærartimane til spesialundervisning og rundt 7 pst. til særskilt tilpassa opplæring for elevar med anna morsmål enn norsk og samisk. Delen elevar som får spesialundervisning, har i dei siste åra vore nokså stabil, men har auka frå 5,5 pst. i 2005 til 5,9 pst. i 2006.
Delen elevar med særskild norskopplæring har også auka noko i same periode. Dette skyldast eit auka tal minoritetsspråklege elevar. Vidare syner tala at delen elevar med få timar til spesialundervisning (75 timar eller færre) har vorte redusert kvart år sidan 1997. Delen elevar med mange timar (270 timar eller fleire) har vore stabil med ein liten auke mot slutten av perioden. Det er dessutan store variasjonar mellom kommunane i delen elevar som får spesialundervisning, blant anna grunna ulik praksis når det gjeld bruk av enkeltvedtak. Vidare syner tala frå Utdanningsdirektoratet at elevar i kommunar der ein liten del av elevane får spesialundervisning, i gjennomsnitt får fleire timar til spesialundervisning enn elevar i kommunar der delen som får spesialundervisning, er høg.
IKT i grunnopplæringa
I skoleåret 2006–07 var det 5,2 elevar per PC med Internett-tilkopling og 4,7 elevar per PC totalt i grunnskolen. Dette er ei vesentleg forbetring frå førre skoleår, da det var 1,1 fleire elevar per PC med Internett-tilkopling og 0,7 elevar meir per PC totalt. Dei fylkesvise forskjellane i PC-dekning er òg reduserte noko frå førre året. Skolane i Sogn og Fjordane har høgst PC-dekning, medan skolane i Østfold og Vestfold har lågast. Ser ein på grupper av kommunar, er det dei minste kommunane som har den høgste PC-dekninga.
Det blir ikkje innhenta systematiske opplysningar om situasjonen i dei vidaregåande skolane. Informasjonen nedanfor byggjer derfor på opplysningar frå skolane sjølve. Informasjonen er samla inn i samarbeid med UNINETT ABC. Om lag 73 pst. av dei aktuell skolane svarte på spørjeundersøkinga. Sett under eitt for heile utvalet av skolar er det 1,83 elevar per PC i vidaregåande skole. Dette er ei forbetring frå førre året, da delen var 2,5 elevar per maskin. Samanlikna med grunnskolen er spreiinga i PC-dekning langt mindre i vidaregåande skole, da rundt 92 pst. av dei vidaregåande skolane har fire eller færre elevar per PC.
Internasjonale samanlikningar
Noreg brukar mykje ressursar på utdanning samanlikna med andre land. OECD publiserer kvart år tal på ulike indikatorar som gjer det mogleg å samanlikne ressursbruken i medlemslanda. Dei siste tala blei publiserte i 2007 og er frå 2004.
Dersom ein ser på dei faktiske utgiftene per elev på kvart nivå, ligg Noreg heilt i toppen for både grunnskolen og for vidaregåande opplæring. Snittet for OECD-landa var 5 832 US-dollar per elev på barnetrinnet i 2004, mens Noreg brukte 8 533 US-dollar per elev. Noregs rangering når det gjeld pengebruk, er høvesvis fjerdeplass på barnetrinnet, tredjeplass på ungdomstrinnet og i vidaregåande opplæring.
Elevar i Noreg har mindre undervisning enn gjennomsnittet i OECD. Berre i Finland og Slovenia hadde elevane i grunnskolen færre undervisningstimar enn i Noreg. Forskjellen er størst for dei yngste elevgruppene.