3 Avgjerda i EØS-komiteen
I medhald av avgjerd i EØS-komiteen nr. 87/2007 av 6. juli 2007 skal vedlegg IX til EØS-avtala endrast.
Avgjerd i EØS-komiteen nr. 87/2007 av 6. juli 2007 inneheld ei innleiing og fire artiklar. I innleiinga vert det vist til EØS-avtala, og særleg til artikkel 98, som gjer det mogleg å endre vedlegga til avtala gjennom avgjerd i EØS-komiteen.
Artikkel 1 slår fast at i vedlegg IX til EØS-avtala, etter nr. 23 c (kommisjonsvedtak 2006/891/EF), skal nytt nr. 23 d lyde:
«23d. 32006 R 1781: Europaparlaments- og rådsforordning (EF) nr. 1781/2006 av 15. november 2006 om opplysningar om betalaren som skal følgje med pengeoverføringar (TEU L 345 av 8.12.2006, s. 1).
For føremåla med denne avtala skal føresegnene i forordninga gjelde med følgjande tilpassing:
For EFTA-statane skal artikkel 9 nr. 1 andre punktumet lyde:
«Uansett skal betalingsmottakerens yter av betalingstjenester oppfylle alle relevante lover og forskrifter om hvitvasking av penger og finansiering av terrorisme, særlig direktiv 2005/60/EF og nasjonale gjennomføringstiltak.»»
Denne tilpassinga inneber at tilvisingane til forordning (EF) nr. 2580/2001 og nr. 881/2002, som m.a. gjeld frysing av midlar, vert utelatne. Desse forordningane er ikkje tekne inn i EØS-avtala.
I artikkel 2 er det fastsett at teksta til forordning (EF) nr. 1781/2006 på islandsk og norsk, som vil verte kunngjord i EØS-tillegget til Tidend for Den europeiske unionen, skal vere gyldig.
Artikkel 3 slår fast at avgjerda tek til å gjelde 7. juli 2007, på det vilkåret at EØS-komiteen har motteke alle meldingar etter artikkel 103 nr. 1 i avtala.
Artikkel 4 slår fast at avgjerda skal kunngjerast i EØS-avdelinga av og EØS-tillegget til Tidend for Den europeiske unionen.