4 Omtale av aktuelle prosjekt og tiltak
Bypakke Tenk Tromsø er mellom anna forankra i konseptvalutgreiinga (KVU) for transportsystemet i Tromsø-området som vart utarbeidd i 2010, samt rapport frå den eksterne kvalitetssikringa (KS1) og Samferdselsdepartementet sine føringar. Det vart arbeidd vidare med det tilrådde konseptet gjennom utgreiingar i samarbeidsprosjektet Transportnett Tromsø og Tenk Tromsø.
På bakgrunn av det nasjonale målet om nullvekst for personbiltrafikken i større byområde i Meld. St. 33 (2016–2017) Nasjonal transportplan 2018–2029, vart det i 2017 utarbeidd ei byutgreiing for Tromsø. Der vart mellom anna prosjektporteføljen vurdert ut frå målet om nullvekst for persontransport med bil.
I samband med den lokalpolitiske handsaminga av bompengeopplegget for Bypakke Tenk Tromsø, vart det identifisert ein mogleg prosjektportefølje som grunnlag for forhandlingar om ein byvekstavtale for Tromsø. Porteføljen vart i juni 2020 lagt fram som ei prioritert liste for å følgje opp krav og føringar frå bompengeavtalen frå 2019. Porteføljen vart sidan ytterlegare justert og tilpassa til dei inntektene som i dag kan leggjast til grunn for ei bypakke.
Hovudelementa i prosjektporteføljen er ny tunnel mellom Breivika og Langnes, E8 Flyplasstunnelen i Tromsø (tidlegare rv. 862 Tverrforbindelsen Tromsø), og ny bruforbindelse til Kvaløya (fv. 862), samt ei rekke tiltak for å leggje til rette for kollektivtransport, sykling og gåing. Midlar til planlegging av prosjekt og tiltak som manglar planavklaring er føresett dekka innanfor føreslått ramme til dei ulike prosjekta/tiltakstypane.
For å kunne fremje ei bypakke som er tilpassa dei inntektene som i dag kan leggjast til grunn er prosjekta E8 ny veg til flyplassen, fv. 862 kollektivfelt Blåselvegen – Storelva, kollektivfelt Tromsdalen, sykkelveg med fortau rundt Nordspissen og sykkeltrase over Tromsøya mellom sentrum og Langnes tekne ut av pakka i samsvar med dei lokale vedtaka. Prosjekta ny bussterminal i Giæverbukta og tiltakspakke Langnes er reduserte i omfang. Effektiviseringstiltak kan gjere at desse prosjekta kan inngå i porteføljen på eit seinare tidspunkt. Ein eventuell byvekstavtale vil òg kunne føre til endringar i prosjektporteføljen.
Figur 4.1 viser alle aktuelle prosjekt for Bypakke Tenk Tromsø, slik som dei opphavleg vart vedtekne lokalt, altså både dei som no er prioritert og dei som kan gjennomførast dersom nokon av dei prioriterte prosjekta blir rimelegare enn føresett.
4.1 Store prosjekt/vegtiltak
E8 Flyplasstunnelen i Tromsø (tidlegare rv. 862 Tverrforbindelsen Tromsø) (tiltak 15 i kartoversikta)
Prosjektet omfattar bygging av ein tunnel mellom Breivika og Langnes inkl. vegarmar mellom tunnelen og tilstøytane kryss og vegar. Prosjektet vil erstatte dagens veg som har dårleg framkomst. Særleg vanskeleg er det vinterstid grunna sterk stigning på strekninga. I arbeidet med ein førebels portefølje for Tenk Tromsø vart dei to prosjekta E8 Flyplasstunnelen i Tromsø og E8 ny hovudveg til flyplassen sett i samanheng. Sidan prosjektet E8 ny hovudveg til flyplassen no er teke ut av bypakka, er det usikkert om og når dette prosjektet kan bli gjennomført.
Styringsmålet for E8 Flyplasstunnelen i Tromsø vil vere 1 800 mill. 2021-kr. Dette er i tråd med det som blei lagt til grunn for den lokalpolitiske handsaming av saka i oktober 2020. I den vidare planlegginga vil det også bli vurdert tiltak på avlasta veg (E8 Erling Kjeldsens veg).
Kommunedelplan for prosjektet vart vedteken i april 2016, og reguleringsplanen er venta å bli vedteken i 2021–2022.
Fv. 862 Ny bru til Kvaløya (tiltak 18 i kartoversikta)
Prosjektet omfattar bygging av ei om lag 1,6 km lang ny tofelts bru mellom Langnes og Selnes på Kvaløya, sør for eksisterande bru, med tilhøyrande kryssløysingar. Nye gang- og sykkelvegløysingar inngår også i prosjektet. Prosjektet vil bidra til meir miljø- og klimavenleg byutvikling, betring av beredskapsforholda på Kvaløya og betre trafikktryggleik og framkomst for alle trafikantgrupper.
Kommunedelplan for prosjektet vart vedteken i april 2016. Det er førebels ikkje planlagd oppstart av arbeidet med reguleringsplan.
Fv. 7772 Veg mellom Gimle og Håndverkervegen (tiltak 2 i kartoversikta)
Prosjektet omfattar bygging av om lag 0,7 km ny hovudveg (fv. 7772) mellom Gimlevegen og Nordøyavegen, aust for dagens veg. Stakkevollvegen, som den nye vegen skal avlaste, skal rustast opp og leggjast til rette for kollektivtransport, sykling og gåing. Dette vil gi betre framkomst for alle trafikantgrupper. I tillegg vil prosjektet redusere støy- og støvulempene for nærliggjande busetnad. Det er forventa at reguleringsplanen blir vedteken i løpet av 2021.
4.2 Tiltak for gåande, syklande og kollektiv
Det vil bli gjennomført tiltak retta mot gåande, syklande og kollektivtranport både på riksvegar, fylkesvegar og kommunale vegar. Realisering av nullvekstmålet for persontransport med bil fram mot 2030 føreset ein vekst i talet på gåande, syklande samt ein auke i kollektivtrafikken.
Tiltak for gåande og syklande
Gjennom Bypakke Tenk Tromsø er det planlagt tiltak for å sikre eit samanhengande tilbod til syklande og gåande på dei viktigaste strekningane. Dette vil gi dagens trafikantar eit tilfredsstillande tilbod, og vil leggje til rette for fleire syklande og gåande. Tiltak for syklande og gåande vil ofte vere samanfallande med tiltak for å betre trafikktryggleiken. I porteføljen som vist i figur 4.1 vil særleg desse prosjekta bidra positivt for gåande og syklande:
Innsatsområde i heile byområdet
Trafikksikker skoleveg
Betre løysingar for gåande inn mot haldeplassar
Etablering av fortau
Strekningsvise prosjekt
I bypakka er det fleire sentrale vegstrekningar. Dei utgjer viktige ferdselsårer for både syklande og gåande. Strekningsvise og punktvise utbetringar på til dømes Dramsvegen, Strandvegen, Stakkevollvegen/Skattøravegen og Kvaløyvegen vil forbetre forholda for desse. I tillegg vil prosjekta gjere Sentrumsterminalen meir universelt uforma, samt styrkje dei mjuke trafikantane sin plass i bybildet. I tiltakspakke Langnes ligg det òg eit mål om å skape trygg og betre framkomst for syklande og gåande i eit område prega av stor trafikk.
Tiltakspakke Langnes (tiltak 16 i kartoversikta)
Tiltakspakke Langnes omfattar tiltak for kollektivtransport, sykling og gåing på dagens vegnett som følgje av etablering av nytt riksvegsamband mellom Breivika og Langnes. Målet er å betre forholda for alle trafikantgrupper gjennom etablering av mellom anna nye kryssløysingar og betre kryssingar for syklande og gåande. Det er føresett anleggsstart i første periode, men hovuddelen av investeringane må skje parallelt med/i etterkant av etableringa av nytt vegsamband mellom Breivika og Langnes.
Store delar av Langnes-området er under detaljregulering gjennom ulike planprosessar. I tillegg vil det bli utarbeidd eit forslag til overordna strategi for gjennomføring av tiltaka innanfor denne tiltakspakka.
Kollektivtrafikktiltak
I Tromsø utgjer kollektivtransport 12 pst. av persontransporten i byen. Kommunen og fylkeskommunen vedtok ein kollektivstrategi for byområdet i 2017. Framtidig vekst i persontransporten skal skje med kollektivtransport, sykling og gåing. Målet er at kollektivtransporten skal utgjere 20 pst. av persontransporten innan 2030.
Døme på tiltak er etablering av kollektivfelt på viktige lenker, prioritering av buss i sentrale kryssområde, fjerning av flaskehalsar og optimalisering av strukturen for haldeplassar.
Drift av kollektivtransport
Framtidig hovudlinjenett for bybussane i Tromsø går fram av fastsett kollektivstrategi for Tromsø 2017–2030. Ny busskontrakt for Tromsø byområde tok til å gjelde 1. august 2019. Linjenettet vart betra gjennom etablering av nytt hovudlinjenett med seks hovudlinjer, inklusiv ei ny metrolinje som vil vere det berande tilbodet mellom sentrum, Langnes og Breivika. Tilbodet til bydelane på fastlandet og på Kvaløya vil òg bli forsterka.
I porteføljen som vist i figur 4.1 vil særleg desse prosjekta bidra positivt for kollektivtransporten:
Innsatsområde for heile byområdet
Økt driftstilskot for buss og reduserte billettprisar
Færre flaskehalsar for buss
Ladeinfrastruktur el-buss
Betre forhold for gåande inn mot haldeplassar
Strekningsvise prosjekt
I bypakka er det fleire sentrale vegstrekningar i porteføljen. Dei utgjer viktige ferdselsårer for kollektivtrafikken. Strekningsvise og punktvise utbetringar på til dømes Dramsvegen, Strandvegen, Stakkevollvegen/Skattøravegen, Kvaløyvegen, Klokkargårdsbakken og Sykehusvegen vil gje betre framkomst for bussen. I tillegg vil prosjekta Sentrumsterminalen og Giæverbukta terminal betre forholda for dei som reiser kollektivt.
Lokale styresmakter vedtok i oktober 2020 ei prioritert liste over prosjekt i bypakka tilpassa dei inntektene som skal leggjast til grunn i det vidare arbeidet, jf. tabell 4.1.
Tabell 4.1 Prioritert prosjektportefølje
Prioritet | Prosjekt og tiltak | Tiltak nr. i kart | Mill. 2021-kr (inkl. mva) |
---|---|---|---|
1 | Reduserte billettprisar (belønningsmidlar) | 185 | |
2 | Trafikksikker skoleveg | 315 | |
3 | Økt driftstilskot kollektiv (belønningsmidlar) | 340 | |
4 | Dramsvegen (Sykkelveg med fortau langs Dramsvegen) | 1 | 40 |
5 | Stakkevollvegen/Skattøravegen (Betre veg mellom Gimle og Håndverkervegen) | 2 | 200 |
6 | Ny sentrumsterminal (Ny sentrumsterminal og betre forhold for gåande og syklande i sentrum) | 3 | 315 |
7 | Nytt bussknutepunkt i Kroken (Kollektivknutepunkt) | 4 | 35 |
8 | Redusere flaskehalsar for bussen | 70 | |
9 | Strandvegen (Betre framkome for bussar langs Strandvegen) | 5 | 120 |
10 | Strandvegen (Sykkelveg med fortau langs Strandvegen) | 5 | 115 |
11 | Ladeinfrastruktur Elbuss | 35 | |
12 | Betre haldeplassar | 135 | |
13 | Tilgjenge for gåande – haldeplassar, snarvegar | 45 | |
14 | Utviding bybussområdet (Tromsøsvingen) | 6 | 20 |
15 | Fortau | 50 | |
16 | Bussløysing Kvaløya (Kollektivfelt fv. 862 Blåmannsvegen–Blåselvegen) | 7 | 135 |
17 | Innfartsparkering Skjelnan | 8 | 10 |
18 | Klokkargårdsbakken (Betre veg og kryss i Klokkargårdsbakken) | 10 | 15 |
19 | Sykehusvegen (Kollektivfelt og betre kryss i Sykehusvegen) | 11 | 45 |
20 | Ny bussterminal i Giæverbukta | 12 | 140 |
21 | E8 Flyplasstunnelen i Tromsø (tidlegare rv 862 Tverrforbindelsen Tromsø) | 15 | 1 800 |
22 | Tiltakspakke Langnes (gange og sykkel, buss og bil) | 16 | 525 |
23 | Utbetring gang- og sykkelveg langs Kvaløyvegen | 17 | 15 |
24 | Ny bru til Kvaløya | 18 | 1 800 |
SUM | 6 505 | ||
Etablering av bomstasjonar | 35 | ||
SUM Bypakke Tenk Tromsø | 6 540 |
Fleire av prosjekta og tiltaka er på eit tidleg planstadium, og det er stor uvisse knytt til kostnadene. Som ved andre bypakker, blir det føresett at utbygginga og gjennomføringa av prosjekt og tiltak vil bli tilpassa den økonomiske ramma. Dersom kostnadene for nokre av prosjekta/tiltaka aukar, vil dette innebere at andre prosjekt ikkje kan gjennomførast, eller må reduserast. Dersom enkelte prosjekt/tiltak blir rimelegare enn føresett, vil det bli rom for fleire prosjekt/tiltak – alternativt kan innkrevjingsperioden kortast ned. Som vist i tabell 4.1 vil Bypakke Tenk Tromsø omfatte ei rekke prosjekt og tiltak, og utbygginga vil bli tilpassa dei midlane som er tilgjengelege.