1 Innleiing
Samferdselsdepartementet legg i denne proposisjonen fram forslag om delvis bompengefinansiering av ei bypakke for Tromsø (Bypakke Tenk Tromsø), i tråd med vedtak frå lokale styresmakter. Bypakke Tenk Tromsø skal avløyse dagens ordning med innkrevjing av eit lokalt finansieringstilskot på omsetnad av drivstoff, for å delfinansiere hovudvegutbygginga i Tromsø (Tromsøpakke 1–3).
Målet for Bypakke Tenk Tromsø er nullvekst i persontransport med bil. I tillegg er god framkomst for alle trafikantgrupper eit mål, med hovudvekt på kollektivtransport, sykling, gåing og næringslivstransport.
Bypakke Tenk Tromsø er eit stort byutviklingsprosjekt, og det viktigaste for Tromsø er nullvekst i persontransport med bil, dvs leggje til rette for at veksten i persontransporten skal skje med kollektivtransport, sykling og gåing. I Bypakke Tenk Tromsø ligg det ei rekke tiltak som skal leggje til rette for dette. Eit sentralt prosjekt i Bypakke Tenk Tromsø er ny tunnel mellom Breivika og Langnes – E8 Flyplasstunnelen i Tromsø (tidligere rv. 862 Tverrforbindelsen Tromsø).
Tromsø ønsker å inngå ein byvekstavtale. Tiltaka som ligg til grunn for Bypakke Tenk Tromsø er bygde på rammene og føringane for ein eventuell byvekstavtale, og vil vere eit godt grep for å nå målet om at veksten i persontransport skal skje med kollektiv, sykling og gåing. Ytterlegare tiltak vil vere tema i eventuelle forhandlingar om ein byvekstavtale for Tromsø.
Samla økonomisk ramme for Bypakke Tenk Tromsø er om lag 6 500 mill. 2021-kr. Finansieringa av pakka er basert på innkrevjing av bompengar, samt statlege, fylkeskommunale og kommunale midlar. I tillegg kjem all meirverdiavgift som staten refunderer for prosjekt og tiltak i bypakka. Bypakke Tenk Tromsø vil ha ein innkrevjingsperiode på 15 år, med planlagt oppstart 2. halvår 2022. I tråd med dei lokalpolitiske vedtaka er det lagt til grunn at det skal etablerast 15 bomstasjonar med tovegs innkrevjing i dei ulike bydelane i Tromsø, fordelt på sju sonar. Vidare føreset bompengeordninga i Tromsø tidsdifferensierte bompengetakstar med tredobbel takst i rushperiodane på kvardagar.