4 Økonomiske og administrative konsekvensar
Politidirektoratet har rekna ut at ei endring av gebyra knytt til handsaming av ei sak i forliksrådet og forkynning av betalingsoppmoding vil gje ei årleg auking av inntektene til staten på 22,1 millionar kroner. Sidan departementet foreslår at lovendringa tek til å gjelde frå 1. juli 2024, blir aukinga i inntekter om lag 11 millionar kroner i 2024. Det er tatt utgangspunkt i eit anslag av talet på framtidige saker basert på saksinngangen i 2022 og 2023.