2 Bakgrunnen for lovforslaget
Det er eit mål at gebyr ikkje skal overstige dei gjennomsnittlege kostnadane staten har ved å produsere dei aktuelle tenestene. Samstundes bør betaling dekkje kostnadane fullt ut basert på kostnadseffektiv drift (sjølvkost), jf. Finansdepartementet sitt rundskriv R-112/15 Bestemmelser om statlig gebyr- og avgiftsfinansiering punkt 3.2.2.
Både størrelsen på rettsgebyret og dei gjennomsnittlege kostnadane staten har ved si handsaming, vert endra over tid. Det inneber at multiplikatorane som nyttast ved utrekninga av gebyra, må endrast frå tid til anna. Politidirektoratet har gjort utrekningar som viser at det no er aktuelt med ei oppjustering av multiplikatorane som gjeld handsaming av ei sak i forliksrådet og forkynning av betalingsoppmoding etter konkurslova § 63.
Høyringsnotat om endringar i rettsgebyrlova vart sendt på høyring 17. januar 2024 med frist 1. mars 2024 for å gje høyringssvar. Høyringsnotatet vart sendt til desse instansane:
Arbeids- og inkluderingsdepartementet
Barne- og familiedepartementet
Finansdepartementet
Helse- og omsorgsdepartementet
Kommunal- og distriktsdepartementet
Kultur- og likestillingsdepartementet
Kunnskapsdepartementet
Statsministerens kontor
Høgsterett
Lagmannsrettane
Tingrettane
Forliksråda
Domstoladministrasjonen
Politidirektoratet
Politidistrikta
Registereininga i Brønnøysund
Regjeringsadvokaten
Samarbeidsutvalet for forliksråd og namsmenn
Sametinget
Sivilombodet
Skattedirektoratet
Statens innkrevingssentral
Statens sivilrettsforvaltning
Statsforvaltarane
Sysselmeisteren på Svalbard
Kommunane
Advokatforeningen
Akademikerne
Den norske Dommerforening
Dommerfullmektigforeningen
Juristforbundet
KS
Norsk tjenestemannslag
Parat
Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon
Gatejuristen
Gjeldsoffer-Alliansen
Juridisk rådgivning for kvinner
Jussbuss
Jussformidlingen
Jusshjelpa i Nord-Norge
Norges Handikapforbund
Norsk organisasjon for asylsøkere
Rettspolitisk forening
Stiftelsen Rettferd
Følgjande høyringsinstansar hadde merknadar til høyringsforslaget:
Oslo forliksråd
Ringerike, Hole og Jevnaker forliksråd
Oslo politidistrikt ved Namsfuten i Oslo, Asker og Bærum
Politidirektoratet
Finans Norge
Finansforbundet
Jussbuss
Odd Martin Landstad
Rettspolitisk forening
Universitetet i Bergen ved professorane Anna Nylund og Magne Strandberg
I tillegg har departementet motteke høyringssvar frå ein anonym privatperson.
Følgjande høyringsinstansar svarte at dei ikkje hadde merknadar til forslaget, eller at dei ikkje fann grunn til å gje høyringssvar:
Høgsterett
Borgarting lagmannsrett
Domstoladministrasjonen
Skattedirektoratet