5 Fusjonskontroll av Northern Lights
Equinor, Shell og Total har planlagt å etablere eit nytt selskap, Northern Lights DA, for å gjennomføre transport- og lagringsdelen av Langskip, jf. Meld. St. 33 (2019–2020) Langskip – fangst og lagring av CO2. For å etablere eit slikt selskap må dei få godkjenning frå dei relevante konkurransemyndigheitene i EU eller enkelte medlemsland. Ei slik godkjenning har tatt lenger tid enn forventa og vil først kunne vere klar i løpet av 2021.