3 Bruk av fullmakter under petroleumsverksemda
Som ein del av den årlege behandlinga av statsbudsjettet gir Stortinget fullmakter til Kongen i statsråd og Olje- og energidepartementet knytt til petroleumsverksemda.
Nedanfor gjer Olje- og energidepartementet greie for bruken av desse fullmaktene sidan førre rapportering.
3.1 Utbyggingsprosjekt på norsk kontinentalsokkel
Stortinget har samtykt i at Olje- og energidepartementet kan godkjenne prosjekt (planar for utbygging/anlegg og drift) på norsk kontinentalsokkel under desse føresetnadene (jf. fullmakt XIV i Prop. 1 S (2019–2020):
Prosjektet må ikkje ha prinsipielle eller samfunnsmessige sider av betydning.
Øvre grense for dei samla investeringane per prosjekt utgjer 20 mrd. kroner.
Kvart enkelt prosjekt må vise akseptabel samfunnsøkonomisk lønnsemd og vere rimeleg robust mot endringar i prisutviklinga for olje og naturgass.
Fullmakta er nytta ved desse høva1:
Hywind Tampen
Olje- og energidepartementet mottok 11. oktober 2019 søknader om godkjenning av endra plan for utbygging og drift (PUD) for Snorre- og Gullfaksfelta for Hywind Tampen-prosjektet. Hywind Tampen er ein flytande havvindpark som består av elleve flytande vindturbinar på 8 MW kvar. Prosjektet er ei omlegging av kraftforsyninga på Snorre- og Gullfaksfelta, der om lag ein tredel av gasskrafta på plattforma vil bli erstatta med fornybar vindkraft. Oppstart av straumleveransar er i PUD venta i tredje kvartal 2022. Rettshavarane i Snorre Unit er Equinor Energy AS (33,27556 prosent), Petoro AS (30 prosent), Vår Energi AS (18,55336 prosent), Idemitsu Petroleum Norge AS (9,6 prosent) og Wintershall Dea Norge AS (8,57108 prosent). Rettshavarane i Gullfaks Unit er Equinor Energy AS (51 prosent), Petoro AS (30 prosent) og OMV (Norge) AS (19 prosent).
Dei totale investeringane er i endra PUD anslått til 4,8 mrd. kroner.
Endra PUD for høvesvis Snorre- og Gullfaksfelta blei godkjend av Olje- og energidepartementet 8. april 2020.
Balder Future
Olje- og energidepartementet mottok 17. desember 2019 søknad om godkjenning av endra plan for utbygging og drift (PUD) for oljefelta Balder og Ringhorne i Nordsjøen. Prosjektet Balder Future er eit auka utvinningsprosjekt som inneber at produksjonsskipet Jotun A gjennomgår ei oppdatering og levetidsforlenging og deretter blir plassert ut sentralt mellom Balder- og Ringhorne-felta. Etter planen skal det borast 14 nye brønnar og installerast nye havbotnanlegg. Prosjektet inneber ei forlenging av drifta frå felta utover 2030 og at reservane frå felta aukar med 21,7 mill. standard kubikkmeter (Sm3) oljeekvivalentar (o.e.). Prosjektet aukar utvinningsgraden frå felta frå 34 prosent til 41 prosent. Oppstarten er planlagd til andre halvår 2022. Rettshavarane i Balder og Ringhorne er Vår Energi AS som operatør (90 prosent) og Mime Petroleum AS (10 prosent).
Dei totale investeringane er i endra PUD berekna til 19,6 mrd. kroner.
Endra PUD for Balder og Ringhorne blei godkjend av Olje- og energidepartementet 18. juni 2020.
Fotnotar
Til og med oktober 2020.