8 Presiseringar knytt til innføringa av nye reglar om offentleg AFP for dei som er fødde i 1963 eller seinare
8.1 Innleiing og bakgrunn
Departementet foreslår i punktet her endringar i lov 25. juni 2010 nr. 28 om avtalefestet pensjon for medlemmer i Statens pensjonskasse. Endringane er ei oppfølging av vedtekne endringar i lova, jf. lov 12. april 2024 nr. 14 om endringer i lov om avtalefestet pensjon for medlemmer av Statens pensjonskasse og enkelte andre lover (ny avtalefestet pensjon).
Endringslova frå april 2024 følger opp punkt 3 i avtalen som blei inngått 3. mars 2018 mellom Arbeids- og sosialdepartementet, LO, Unio, YS, Akademikerne, KS og Spekter om tenestepensjon for tilsette i offentleg sektor. Avtalen inneber at offentleg tenestepensjon og avtalefesta pensjon (heretter AFP) for offentleg tilsette fødd i 1963 eller seinare skal leggast om til livsvarige påslagsordningar som kjem i tillegg til alderspensjon frå folketrygda. Endringslova blei gitt med bakgrunn i Prop. 35 L (2023–2024), Innst. 231 L (2023–2024) og Lovvedtak 51 (2023–2024). Endringane gjeld frå 1. oktober 2024 og får verknad for pensjonsutbetalingar frå 2025.
Forslaga no gjeld for det første ein lovheimel for Statens pensjonskasse til å inngå avtale med andre pensjonsleverandørar om fordeling av kostnader for ny AFP. For det andre ei presisering av at anna stilling med offentleg AFP inngår i vilkårsprøvinga for AFP etter lov om avtalefestet pensjon for medlemmer av Statens pensjonskasse (heretter AFP-lova). Det blir ikkje stilt krav om at slik anna stilling er tilknytt ei tariffavtale med offentleg AFP, slik lovteksten no krev. For det tredje blir det foreslått at Statens pensjonskasse får ein tydeleg heimel til å innhente nødvendige lønnsopplysningar og opplysningar om pensjonsgivande inntekt frå skattestyresmaktene.
8.2 Høyringsforslaget
Arbeids- og inkluderingsdepartementet sendte 1. juli 2024 eit lovforslag på høyring til følgande høyringsinstansar:
-
Departementa
-
Arbeids- og velferdsdirektoratet
-
Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet
-
Datatilsynet
-
Finanstilsynet
-
Kunnskapssenter for lengre arbeidsliv
-
Likestillings- og diskrimineringsombodet
-
Pensjonsordning for apotekvirksomhet
-
Pensjonsordning for sykepleiere
-
Regelrådet
-
Regjeringsadvokaten
-
Rådet for et aldersvennleg Norge
-
Senter for et aldersvennleg Norge
-
Skattedirektoratet
-
Statens pensjonskasse
-
Statistisk sentralbyrå
-
Trygderetten
-
Sivilombodet
-
Oslo kommune
-
Akademikerne
-
Arbeidsgiverforeningen Spekter
-
Den Norske Aktuarforening
-
Fellesordningen for AFP
-
Finans Norge
-
Forsvar offentlig pensjon
-
Forsvarets seniorforbund
-
Funksjonshemmedes fellesorganisasjon
-
Gabler AS
-
Garantikassen for fiskere
-
Hovedorganisasjonen Virke
-
Kommunal Landspensjonskasse (KLP)
-
KS – Kommunesektorens organisasjon
-
Landsforbundet for offentlige pensjonister
-
Landsorganisasjonen i Norge (LO)
-
LO Kommune
-
LO Stat
-
Maritim pensjonskasse
-
Norges ingeniør- og teknologorganisasjon
-
Norsk Pensjon AS
-
Næringslivets Hovedorganisasjon (NHO)
-
Organisasjonen For Uføres Rettigheter
-
Oslo Pensjonsforsikring AS
-
Pensjon for alle
-
Pensjonistforbundet
-
Pensjonskasseforeningen
-
Pensjonskontoret
-
Regnskap Norge
-
Samarbeidsforumet for funksjonshemmedes organisasjoner
-
Samfunnsbedriftene
-
Senior Norge
-
Storebrand
-
Unio
-
Yrkesorganisasjonenes Sentralforbund (YS)
I høyringsnotatet foreslo departementet ei presisering av at anna stilling med offentleg AFP inngår i vilkårsprøvinga for AFP etter føresegnene i AFP-lova, dersom slik stilling gjer at krava som blir stilte i AFP-lova og tilhøyrande forskrift blir oppfylte. Endringa inneber at det ikkje blir stilt krav om at slik anna stilling er tilknytt ein tariffavtale om offentleg AFP. Det er tilstrekkeleg at det er inngått ein avtale med ein leverandør av offentleg tenestepensjon om slik AFP. Det blei også foreslått at Statens pensjonskasse får ein tydeleg heimel til å innhente nødvendige lønnsopplysningar og opplysningar om pensjonsgivande inntekt frå skattestyresmaktene. Høyringsfristen var 30. september 2024.
Forslaget om lovheimel for Statens pensjonskasse til å inngå avtale med andre pensjonsleverandørar om fordeling av kostnader for ny AFP har ikkje vore på høyring. Forslaget blir likevel fremma no då det er nødvendig å få på plass ein heimel før pensjonsutbetalingane startar frå 2025. Det blir vist til utgreiingsinstruksen punkt 3-3 andre ledd første kulepunkt.
Følgande høyringsinstansar har merknader:
-
Arbeids- og velferdsdirektoratet
-
Datatilsynet
-
Statens pensjonskasse
-
Akademikerforbundet
-
Den Norske Aktuarforening
-
Fellesordningen for AFP
-
Finans Norge
-
KLP
-
Landsforbundet for offentlige pensjonister
-
LO
-
NHO
-
Pensjonskasseforeningen
-
Unio
Følgande høyringsinstansar har svara at dei ikkje har merknadar:
-
Justis- og beredskapsdepartementet
-
Skatteetaten
-
Statistisk sentralbyrå
-
Akademikerne
-
Gabler AS
-
KS – Kommunesektorens organisasjon
-
Oslo Pensjonsforsikring AS
-
Storebrand
-
YS
Datatilsynet har ikkje merknadar til forslaga, men meiner at det må gjerast ei nærmare vurdering av kva for opplysningar som er nødvendige for Statens pensjonskasse til berekning av AFP og at kva for opplysningar som kan innhentast, må presiserast i sjølve lovheimelen. Ei slik vurdering og presisering vil vere ein viktig personverngaranti, i tråd med dataminimeringsprinsippet i personvernforordninga. Det vil også sikre føreseielege forhold for alle partar.
Unio har ikkje merknadar til forslaga, men viser til at Finansdepartementet parallelt med denne høyringa har sendt ut forslag til lovheimel for at tilbydarar av kommunal tenestepensjon kan hente inn nødvendige opplysningar frå Skatteetaten og Arbeids- og velferdsetaten til arbeidet med ny AFP mv. I høyringa frå Finansdepartementet blir det foreslått at det «gjøres en kartlegging i samarbeid med Skatteetaten, slik at det lages et utvalg av opplysninger» som kan bli overført leverandørane. Unio meiner ein slik felles kartlegging bør omfatte Skatteetaten, Arbeids- og velferdsetaten og alle leverandørar av offentleg AFP.
Akademikerforbundet uttalar mellom anna at dei «er skeptisk til mengden personinformasjon som det foreslås å gi hjemmel til at Statens pensjonskasse kan innhente. Akademikerforbundet mener at regjeringen må sørge for retningslinjer slik at Statens pensjonskasse og eventuelt andre pensjonskasser kun får tilgang til strengt nødvendig informasjon.» Vidare viser dei til høyringa frå Finansdepartementet, og meiner det bør gjerast ein tilsvarande kartlegging.
Pensjonskasseforeningen har ikkje merknadar, men viser til at det er nødvendig at det blir etablert eit godt heimelsgrunnlag for informasjonsinnhenting og -utveksling for alle pensjonsleverandørar.
Fellesordningen for AFP, LO og NHO påpeikar at det i høyringsnotatet er uttalt at Skatteetaten ikkje oppbevarer opplysningar lengre tilbake i tid enn 10 år. Dei meiner utfordringane knytt til dette må bli løyst ved at Skatteetaten som autoritativ kjelde må få grunnlag til dette. LO nemner vidare at det er viktig med informasjonsutveksling med Fellesordningen for AFP.
Statens pensjonskasse viser til at dei kan ha behov for opplysningar frå Skatteetaten utover 10 år.
Landsforbundet for offentlige pensjonister undrar på kvifor Statens pensjonskasse skal få så omfattande fullmakter til å hente inn personopplysningar.
8.3 Vurdering og forslag
8.3.1 Fordeling av kostnader for ny AFP
Ny AFP gjelder for årskulla født i 1963 eller seinare. Lovreglane blei vedtatt av Stortinget i april 2024, jf. lov 12. april 2024 nr. 14. Ny AFP kan takast ut frå fylte 62 år, eller frå eit seinare tidspunkt, under føresetnad av at enkelte vilkår er oppfylt ved fylte 62 år og på uttakstidspunktet.
Vilkår ved fylte 62 år: Vedkommande må ha vore arbeidstakar hos ein arbeidsgivar med AFP-ordning i minst sju av dei siste ni åra. Stillinga må vere hovudarbeidsforholdet, og stillingsdelen må utgjera minst 20 prosent av full stilling. I dei same sju av dei siste ni åra kan ikkje vedkommande ha hatt anna inntekt som overstig pensjonsgivande inntekt frå stillinga som gir rett til AFP. Det er også eit krav at vedkommande dei siste tre åra før fylte 62 år ikkje har hatt inntekt utan arbeidsplikt utover 1,5 G (G er grunnbeløpet i folketrygda). Uføretrygd og uførepensjon frå privat eller offentleg tenestepensjonsordning er her gjort unntak for.
Vilkår ved pensjonsuttak: Vedkommande må ha vore tilsett og reell arbeidstakar dei siste tre åra før pensjonsuttaket startar hos ein arbeidsgivar som er omfatta av AFP. Stillinga må utgjere minst 20 prosent av full stilling. Det er gitt unntak for enkelte konkrete fråvær. På uttakstidspunktet og i det førre året må vedkommande også ha pensjonsgivande inntekt som overstig 1 G i året. Det er eit vilkår at vedkommande ikkje har fått andre pensjonar som privat AFP, særalderspensjon eller betinga tenestepensjon. Det er også eit vilkår at vedkommande ikkje har fått uføretrygd frå folketrygda etter fylte 62 år.
Grunnlaget for berekning av AFP er pensjonsbehaldninga berekna etter folketrygdlova § 20-4, omrekna til ei behaldning for AFP med ein oppteningssats på 4,21 prosent. Årleg pensjon kjem fram ved å dividere oppteninga med delingstalet i folketrygda på uttakstidspunktet.
Enkelte vilkår ved fylte 62 år og på uttakstidspunktet må altså vere oppfylt for å kunne kvalifisere for uttak av AFP. Stillingane som inngår i vilkårsprøvinga kan både vere statlege, kommunale, fylkeskommunale eller andre stillingar som er tilknytt offentleg AFP. Vilkåra er knytt til tid hos arbeidsgivar med tariffavtale der staten er part eller tilsvarande avtale om AFP, sjå nærmare punkt 8.3.2 og punkt 8.3.3 nedanfor. For å vere rekna som tilsvarande avtale om AFP, føresettast det mellom anna tilsvarande medrekning av tid i vilkårsprøvinga som etter AFP-lova. Departementet legg til grunn at det berre er dei med avtale om offentleg tenestepensjon som kan inngå avtale om offentleg AFP.
Det er behov for å fastslå korleis kostnadene til AFP skal bli fordelt mellom dei som er omfatta av ordninga når ein arbeidstakar har vore tilsett i fleire verksemder med offentleg AFP. Statens pensjonskasse har gjort eit innleiande arbeid i samarbeid med andre leverandørar av offentleg tenestepensjon. Det blir lagt opp til at kostnadene blir fordelte etter tenestetida i offentleg tenestepensjonsordning. Det bør vere ein heimel i lov om avtalefestet pensjon for medlemmer av Statens pensjonskasse for at Statens pensjonskasse kan inngå ein avtale med dei andre pensjonsleverandørane om kostnadsfordelinga. Departementet foreslår at avtalen må bli godkjent av departementet. Føresegna vil ha ein parallell i heimelen som Statens pensjonskasse har etter lov om Statens pensjonskasse til å inngå overføringsavtale med andre leverandørar av offentleg tenestepensjon. Vilkåra for fordeling av kostnadene for AFP vil kome fram av avtalen. Avtalen kan også opne for at Sikringsordningen, som gjeld for kommunal tenestepensjon, også kan inkludere manglande dekning av kostnader knytt til offentleg AFP. Formålet med sikringsordninga er å bidra til å sikre pensjonsrettar opparbeidde hos arbeidsgivarar som stansar ved konkurs eller akkord eller ved andre opphøyr, eller som ikkje betaler premie ved forfall, så langt det er midlar i Sikringsordningen. Det er partane i Sikringsordningen som avgjer om ordninga skal utvidast til å gjelda AFP.
Fordelinga av kostnader som er beskrivne ovanfor er det same som låg til grunn då Stortinget behandla forslaga om ny offentleg AFP i Prop. 35 L (2023–2024), sjå punkt 10 i proposisjonen. Det blei her påpeika at departementet i høyringsnotatet ikkje hadde noko bestemd oppfatning om korleis refusjonen mellom ordningane burde vere, men at departementet likevel så at det var fordelar ved at fordelinga skjer med utgangspunkt i all tid i offentleg sektor, ettersom dette speglar kvar det er betalt inn premie. Andelen refusjon av AFP vil dermed vere i same storleik som refusjon av ordinær alderspensjon under overføringsavtalen. Departementet la til grunn at leverandørane av offentleg tenestepensjon fann formålstenlege måtar å finansiere ny AFP på innanfor eksisterande regelverk. Det blei lagt til grunn at leverandørane fann ei formålstenleg løysing i medhald av overføringsavtalen som har heimel i lov om Statens pensjonskasse. Etter fornya vurdering meiner både departementet og Statens pensjonskasse at fordelinga av kostnader ikkje kan bli avtala på grunnlag av overføringsavtalen, sidan reglane om AFP ikkje har heimel i lov om Statens pensjonskasse. Departementet foreslår derfor at det blir gitt ein eigen heimel i AFP-lova.
Sjå forslaget til ny § 13 sjuande ledd i lov om avtalefestet pensjon for medlemmer i Statens pensjonskasse.
8.3.2 Presisering av omfang
I vilkårsprøvinga av retten til offentleg AFP, gjeld tid hos arbeidsgivar med tariffavtale der staten er part eller tilsvarande tariffavtale om AFP.
Departementet foreslår at det blir presisert i AFP-lova at anna stilling med offentleg AFP blir likestilt med stilling omfatta av føresegnene i AFP-lova dersom slik stilling gjer at krava som blir stilte i AFP-lova og den tilhøyrande forskrifta blir oppfylte. For å tydeleggjere dette i lovteksten, foreslår departementet at ordet «tariffavtale» i lova knytt til slike stillingar blir endra til «avtale». Stillingane er mellom anna knytt til stillingar i kommunal sektor og stillingar i helsesektoren. Kva stillingar som gir rett til AFP, blir avgjorde av pensjonsleverandøren av kommunal tenestepensjon. Det har ikkje vore meininga å gjere endringar frå departementets side til kven som kan tilbydast offentleg AFP for desse stillingsforholda. Det betyr at det ikkje er meint å bli gjort endringar i dagens praksis for kommunal tenestepensjon om at verksemder som har ønskt å inngå avtale om ei kommunal tenestepensjonsordning for sine tilsette, også kan inkludere offentleg AFP i avtalen.
Forslaget inneber ikkje at tid med privat AFP inngår i kvalifikasjonsreglane for offentleg AFP utover det som allereie er bestemt som følgje av lovendringane frå april 2024. Moglege endringar her vil bli vurdert når endringar i den private AFP-ordninga er avklart.
Sjå forslaget til endringar i lov om avtalefestet pensjon for medlemmer i Statens pensjonskasse § 7, § 8 og § 9.
8.3.3 Innhenting av opplysningar frå Skatteetaten
Innhenting av opplysningar
Statens pensjonskasse har behov for tilgang til inntektsopplysningar og grunnlaget for pensjonsgivande inntekt frå skatteoppgjeret for å kunne oppfylle oppgåvene sine etter AFP-lova. Departementet foreslår i samband med dette ei eiga føresegn i lov om avtalefestet pensjon for medlemmer i Statens pensjonskasse som gir Statens pensjonskasse heimel til å innhente desse opplysningane.
Skattestyresmaktene innhentar og behandlar ei rekke opplysningar for skatteformål. Desse opplysningane vil i stor grad vere underlagd teieplikt. Skatteforvaltningslova kapittel 3 regulerer teieplikta til skattestyresmaktene. Teieplikta i skatteforvaltningslova § 3-1 er strengare enn teieplikta som følger av forvaltningslova. Det er unntak frå teieplikta ved deling med anna offentleg styresmakt etter skatteforvaltningslova § 3-3. Etter første ledd i denne føresegna kan teiepliktige opplysningar bli utlevert til offentlege styresmakter dersom dette er «nødvendig for å utføre mottakerorganets oppgaver etter lov», eller for å «hindre at virksomhet blir utøvd på en uforsvarlig måte».
I skatteforvaltningslova § 3-3 andre ledd blir det i tillegg stilt opp eit krav om proporsjonalitet, noko som inneber at utleveringa ikkje må vere uforholdsmessig ut frå dei ulempene som er i form av inngrep i personvernet og fare for at opplysningar av konkurransemessig betydning kjem på avvegar. Skatteforvaltningsforskrifta § 3-3-1 første ledd utdjupar vurderingstemaet i proporsjonalitetsvurderinga. Det skal ved vurderinga mellom anna bli lagt vekt på om mottakarorganet vil bli satt i stand til å treffa ei rett avgjerd, eller utføre ein meir effektiv og formålstenleg teneste enn om det ikkje hadde fått opplysningane. Vidare skal det leggast vekt på formålet med behandlinga av opplysningar hos mottakarorganet, om mottakar er underlagd teieplikt, kva opplysningar som skal bli utlevt og talet på personar som får tilgang til opplysningane. Momenta understrekar at dei generelle personvernprinsippa som kjem til uttrykk i personvernforordninga, skal bli tatt med i betraktning når utleveringsspørsmålet blir vurdert.
Skatteforvaltningslova § 3-3 tredje ledd gir heimel til å fastsette forskrifter om utlevering av opplysningar til andre offentlege styresmakter i deira interesse. Slike føresegner er gitt i skatteforvaltningsforskrifta § 3-3-1 andre ledd bokstav a til o. Når vilkåra i desse føresegnene er oppfylte, vil opplysningane kunne bli utlevert utan at det er nødvendig å gjennomføre ei proporsjonalitetsvurdering ved kvar utlevering etter lova § 3-3 første og andre ledd, jf. skatteforvaltningsforskrifta § 3-3-1 første ledd, sjå Prop. 1 LS (2018–2019) side 282.
Etter skatteforvaltningsforskrifta § 3-3-1 andre ledd bokstav h, kan opplysningar uansett bli utlevert til offentlege styresmakter som «ifølge lovbestemmelser som fastsetter eller klart forutsetter at taushetsplikten ikke skal være til hinder for å gi opplysningene».
Statens pensjonskasse har behov for opplysningar frå skattestyresmaktene om rapporterte inntektsopplysningar og opplysningar om pensjonsgivande inntekt og dessutan inntektsopplysningar frå skatteoppgjeret for å vurdere om vilkåra for offentleg AFP er oppfylt. Opplysningstypane samsvarer med opplysningar som blir gitt etter skatteforvaltningslova § 7-2.
Rapporterte inntektsopplysningar etter skatteforvaltningslova § 7-2 omfattar lønn og andre skattepliktige ytingar frå offentlege og private arbeidsgivarar, pensjonsleverandørar, Arbeids- og velferdsetaten og andre. Inntektsopplysningar omfattar også ulike skattepliktige stønader og offentlege ytingar, men ikkje opplysningar om ytingar som etter sin art ikkje er skattepliktige. Opplysningane som kjem fram av skatteforvaltningslova § 7-2 dannar slik sett den ytre ramma for kva opplysningar som er nødvendig å innhente for å vurdere om vilkåra for AFP er oppfylte, og vil derfor avgrense kva opplysningar Statens pensjonskasse lovleg kan innhenta til dette formålet.
Skatteoppgjeret inneheld mellom anna opplysningar om kapital- og næringsinntekter, formue og gjeld. Vidare vil skatteoppgjeret innehalde opplysningar om grunnlaget for pensjonsgivande inntekt.
Tilgang til slike opplysningar vil sette Statens pensjonskasse i betre stand til å utføre oppgåvene sine etter AFP-lova. Opplysningar om inntektsforholdet til medlemmen vil vere det viktigaste elementet når Statens pensjonskasse skal vurdere om vedkommande i syv av dei siste ni åra ikkje har hatt anna inntekt som overstig pensjonsgivande inntekt frå arbeidsgivar etter § 8 i lova første ledd bokstav b. Samtidig blir det føresett at vilkårsvurderinga tek utgangspunkt i tidspunktet medlemmen fyller 62 år. Dette inneber at det ved vurderinga skal bli innhenta ei stor mengd personopplysningar fordelt per kalendermånad over opptil 9 år, om dei tilsette. Dersom vilkårsvurderinga skal bli gjort ved søknad om uttak, til dømes ved fylte 70 år, vil det vere aktuelt å utlevere opplysningar som ligg opptil 18 år tilbake i tid. Skattestyresmaktene vil likevel ikkje ha grunnlag for å oppbevare og gjere tilgjengeleg opplysningar så langt tilbake i tid. Opplysningar om inntekta frå Skatteetaten vil likevel som utgangspunkt bidra til meir korrekt vilkårsvurdering, og må bli innhenta frå kvar enkelt medlem eller arbeidsgivar dersom det ikkje blir utlevert frå Skatteetaten. Departementet legg derfor til grunn at utleveringa vil vere forholdsmessig og nødvendig.
Opplysningane som blir utleverte frå skattestyresmaktene vil bidra til at vilkårsvurderinga blir baserte på ei grundig og fullstendig opplysning av saka, jf. kravet i forvaltningslova § 17. Nødvendige lønnsopplysningar vil sikre at Statens pensjonskasse kan utøva ei meir effektiv forvaltning av offentleg AFP enn dersom opplysningane måtte bli innhenta frå medlemmen eller arbeidsgivar. At Statens pensjonskasse innhentar opplysningar direkte frå skattestyresmaktene, blir vurdert som forholdsmessig samanlikna med den ulempe slik tilgang eventuelt medfører for kvar enkelt medlem.
At Statens pensjonskasse får tilgang til opplysningane frå skattestyresmaktene, vil også kunne vere i interessa til medlemmen, sidan det for nokon kan vere utfordrande å innhente rette og relevante opplysningar så langt tilbake i tid som er nødvendig for å vurdere vilkåra for offentleg AFP. Tilgangen kan også bidra til å utfylle opplysningar som brukaren sjølv har sendt inn. Vidare har Statens pensjonskasse teieplikt etter dei alminnelege reglane i forvaltningslova, noko som sikrar at opplysningane ikkje blir spreidde vidare. På denne bakgrunnen blir det vurdert slik at Statens pensjonskasse har eit sterkt behov for tilgang til teiepliktige opplysningar frå skattestyresmaktene, og at tilgangen er nødvendig og forholdsmessig.
Som gjort greie for over, har Statens pensjonskasse behov for tilgang til rapporterte inntektsopplysningar og grunnlaget for pensjonsgivande inntekt frå skatteoppgjeret for å kunna oppfylle oppgåvene sine etter AFP-lova. Det blir derfor foreslått ei eiga føresegn i AFP-lova for medlemmer av Statens pensjonskasse som gir Statens pensjonskasse heimel til å innhente desse opplysningane. Denne blir foreslått tatt inn som eit nytt tredje ledd i § 13.
I høyringa kom Datatilsynet med følgande merknad:
«Vi har ingen innvendinger til kjernen i forslaget, som er å tilrettelegge for utlevering av nødvendig informasjon fra Skatteetaten til Statens pensjonskasse. Vi ser at innhenting av mest mulig korrekt informasjon vil være gunstig for søkerne. Dersom AFP feilberegnes og feilutbetales, vil det kunne ha store konsekvenser for søkerne i etterkant.
Vi forstår høringsforslaget slik at Statens pensjonskasse ikke vil innhente opplysninger om medlemmer som ikke søker om AFP. Forutsatt at dette er riktig forståelse av forslaget, vil det være en viktig garanti mot urettmessig utlevering av opplysninger.
Vi mener imidlertid at det må gjøres en nærmere vurdering av hvilke opplysninger som faktisk er nødvendige for Statens pensjonskasse til beregning av AFP og at hvilke opplysninger som kan innhentes må presiseres i selve lovhjemmelen. En slik vurdering og presisering vil være en viktig personverngaranti, i tråd med dataminimeringsprinsippet i personvernforordningen. Det vil også sikre forutberegnelighet for alle parter.»
Departementet presiserer at forslaget i høyringa er utforma i samråd med Skatteetaten, og at formålet med føresegna er behovet for å innhente lønnsinformasjon som er nødvendig for å vilkårsprøve retten til AFP for den enkelte. For å ha rett til AFP, må den enkelte oppfylle vilkår ved fylte 62 år og på uttakstidspunktet. Ved fylte 62 år må følgande vilkår vere oppfylt (AFP-lova § 8):
«a. Vedkommende har vært arbeidstaker i minst 7 av de siste 9 årene hos en arbeidsgiver med tariffavtale hvor staten er part eller tilsvarende tariffavtale om avtalefestet pensjon. I denne perioden inngår også tid arbeidstakeren har vært omfattet av en avtalefestet pensjonsordning som det gis statstilskott til etter AFP-tilskottsloven dersom dette gjør at ansiennitetskravet oppfylles. Stillingen må være vedkommendes hovedarbeidsforhold, og stillingsandelen må utgjøre minst 20 prosent av full stilling. Ved samtidige ansettelsesforhold kan stillingsandelene legges sammen.
b. Vedkommende har i de samme 7 av de siste 9 årene ikke hatt annen inntekt som overstiger pensjonsgivende inntekt fra arbeidsgivere omfattet av bokstav a.
c. Vedkommende har de siste 3 årene før fylte 62 år ikke mottatt pensjon eller annen ytelse uten motsvarende arbeidsplikt fra arbeidsforhold der den årlige verdien av ytelsene tilsvarer 1,5 ganger folketrygdens grunnbeløp eller mer. Første punktum omfatter ikke uføretrygd fra folketrygden og uførepensjon fra en privat eller offentlig tjenestepensjonsordning.
(…)»
Vidare må følgande vilkår vere oppfylt på uttakstidspunktet (AFP-lova § 9):
«a. Vedkommende har de siste tre årene før uttakstidspunktet sammenhengende vært ansatt og reell arbeidstaker hos en arbeidsgiver med tariffavtale hvor staten er part eller med tilsvarende tariffavtale om avtalefestet pensjon. Stillingsandelen må utgjøre minst 20 prosent av full stilling. Ved samtidige ansettelsesforhold kan stillingsandelene legges sammen.
b. Vedkommende har en pensjonsgivende inntekt som omregnet til årsinntekt overstiger folketrygdens grunnbeløp på uttakstidspunktet, og hadde i det foregående inntektsåret en pensjonsgivende inntekt som oversteg gjennomsnittlig grunnbeløp dette året.
c. Vedkommende verken er eller har vært mottaker av avtalefestet pensjon som det gis statstilskott til etter AFP-tilskottsloven, avtalefestet pensjon som en tidligpensjonsordning i perioden mellom fylte 62 og 67 år, uføretrygd fra folketrygden etter fylte 62 år, betinget tjenestepensjon etter lov om Statens pensjonskasse eller fra tilsvarende tjenestepensjonsordninger eller alderspensjon etter lov om Statens pensjonskasse § 20 a andre ledd eller fra tilsvarende tjenestepensjonsordninger.
(…)»
Som det kjem fram, har Staten pensjonskasse behov for spesifikke lønns- og inntektsopplysningar frå skattestyresmaktene for å vurdere om den enkelte oppfyller vilkåra for AFP. Dette er opplysningar knytt til arbeidsforholdet til den enkelte og om vedkommande får pensjon eller uføretrygd.
I lovforslaget i høyringsnotatet står det:
«Statens pensjonskasse kan uten hinder av taushetsplikt innhente nødvendige lønnsopplysninger som er gitt etter skatteforvaltningsloven § 7-2 og opplysninger om pensjonsgivende inntekt fra skattemyndighetene til bruk i arbeidet med avtalefestet pensjon etter denne lov.»
Etter prinsippet om dataminimering skal behandling av personopplysningar vere avgrensa til det som er nødvendig og relevant for formålet. Departementet presiserer at lønnsopplysningar som er gitt etter skatteforvaltningsloven § 7-2 og pensjonsgivande inntekt, vil danne den ytre ramma for opplysningar som er nødvendige å innhente for å vurdere om vilkåra for offentleg AFP er oppfylt. Departementet viser til at det, for at det ikkje skal bli innhenta fleire opplysningar enn det som er nødvendig, skjer ei kartlegging mellom SPK og Skatteetaten. Det vil bli avtalt eit avgrensa utval av opplysningar som kan bli innhenta i medhald av føresegna. Datatilsynet, Unio og Akademikerforbundet etterspurde ein slik kartlegging i høyringsrunden, og det vises til at prosessen som nemnt over er igangsett.
Enkelte høyringsinstansar har uttrykt bekymring for mengda personopplysningar som skal bli innhenta frå Skatteetaten. Departementet legg til grunn at det ikkje vil bli innhenta fleire opplysningar enn det som er nødvendig i arbeidet med avtalefestet pensjon etter lova, og at bruken av opplysningane er avgrensa til dette formålet. Det at opplysningane må bli brukt til pensjonsformål, vil vere ein viktig garanti mot gjenbruk til andre formål etter at opplysningane er utlevert.
Skatteetaten oppbevarer ikkje opplysningar lenger tilbake i tid enn 10 år. Fellesordningen for AFP, LO, NHO og Statens pensjonskasse viser til at dei kan ha behov for opplysningar frå Skattetaten lenger tilbake i tid enn 10 år. Fellesordningen for AFP, LO og NHO meiner at Skatteetaten som autoritativ kjelde må få grunnlag til å oppbevare opplysningar lenger tilbake enn 10 år. Ansvaret for Skatteetaten ligg til Finansdepartementet, og endringar i regelverk som angår dei må gjerast av Finansdepartementet. Departementet viser til at partane må finne ein praktisk løysing innanfor regelverket som gjeld i dag.
Sjå lovforslaget, lov om avtalefestet pensjon for medlemmer i Statens pensjonskasse § 13.
Forholdet til personvernforordninga
EUs personvernforordning (Europaparlament- og rådsforordning (EU) 2016/679) inneheld grunnleggande prinsipp og vilkår for å behandle personopplysningar, rettar for enkeltpersonar og pliktar for behandlingsansvarlege og databehandlarar. Personopplysningslova av 2018 gjer forordninga til norsk rett ved inkorporasjon, og lova utfyller føresegnene i forordninga. Det er i tillegg tilgang til å utfylle det generelle personopplysningsregelverket i særlovgiving med meir spesifikke reglar, jf. forordninga artikkel 6 nr. 2.
Forordninga skal verna fysiske personars grunnleggande rettar og fridommar ved behandlinga av personopplysningar, samtidig som ho skal sikra fri flyt av personopplysningar mellom medlemsstatane. Personopplysningar blir definerte i forordninga som alle opplysningar om ein identifisert eller identifiserbar fysisk person, jf. forordninga artikkel 4 nr. 1. Med «behandle» meiner ein alle operasjonar eller rekke av operasjonar som blir gjort med personopplysningar – automatisert eller ikkje – som innsamling, registrering, organisering, strukturering, lagring, tilpassing eller endring, attfinning, konsultasjon, bruk, utlevering ved overføring, spreiing eller andre former for tilgjengeleggjering, samanstilling eller samkøyring, avgrensing, sletting eller gjere til inkjes, jf. artikkelen til forordninga 4 nr. 2.
Personopplysningar kan berre bli samla inn til spesifikke, uttrykkeleg angitte og rettmessige formål, jf. artikkel 5 nr. 1 bokstav b. Konkrete formålsopplysningar er særleg viktig då det er forbod mot å behandle opplysningar vidare for formål som er å rekne som uforlikeleg med det opphavlege formålet. Vurderinga vil kunne vere vanskeleg dersom formålet er for vidt angitt. Med eit uttrykkjeleg angitt og konkret formål vil det i større grad vere lett å angi kva personopplysningar som er adekvate, nødvendige og relevante for å oppfylle formålet (prinsippet om dataminimering).
For å kunna behandle personopplysningar krevst det eit behandlingsgrunnlag.
Reglane om behandlingsgrunnlag følger av forordninga artikkel 6, som seier at behandlinga berre er lovleg dersom eitt av vilkåra i nr. 1 bokstav a til f er oppfylt, og bokstav c og e er aktuelle her.
Forordninga artikkel 6 nr. 1 bokstav c gir grunnlag for behandling som er nødvendig for å oppfylle ei rettsleg forplikting som kviler på den behandlingsansvarlege. Artikkel 6 nr. 1 bokstav e gir tilgang til behandling når dette er «nødvendig for å utføre en oppgave i allmennhetens interesse eller utøve offentlig myndighet som den behandlingsansvarlige er pålagt».
Det følger av artikkel 6 nr. 3 at grunnlaget for «behandlingen» nemnt i nr. 1 bokstav c og e «skal fastsettes» i unionsretten eller i den nasjonale retten til medlemsstatane. Dette inneber at artikkel 6 nr. 1 bokstav c eller e ikkje åleine kan utgjera behandlingsgrunnlaget, men at den behandlingsansvarlege i tillegg må kunna vise til eit supplerande rettsgrunnlag for behandlinga i unionsretten eller nasjonal rett som den behandlingsansvarlege er underlagd.
Dersom det skal bli behandla særlege kategoriar personopplysningar, må rettsgrunnlaget i tillegg oppfylle dei vilkåra som følger av artikkel 9 nr. 2. Det følger av artikkel 9 nr. 2 at nr. 1 ikkje får bruk dersom eit av vilkåra i bokstav a til j er oppfylt. Særleg aktuelt her er bokstav b om at behandlinga må vere «nødvendig for at den behandlingsansvarlige eller den registrerte skal kunne oppfylle sine forpliktelser og utøve sine særlige rettigheter på området arbeidsrett, trygderett og sosialrett». Behandlinga må dessutan vere tillaten i unionsretten, nasjonal rett eller tariffavtale som gir «nødvendige garantier for den registrertes grunnleggende rettigheter og interesser».
Det følger av lov om Statens pensjonskasse § 45 første ledd første setning at:
«Statens pensjonskasse har rett til å innhente de opplysningene som er nødvendige for å forvalte de ordningene Pensjonskassen administrerer fra arbeidsgiver, tidligere arbeidsgiver, offentlig myndighet, institusjon som administrerer annen pensjons- eller trygdeordning, helsepersonell, kredittopplysningsvirksomhet, gjeldsinformasjonsforetak, forsikringsselskap og annen finansinstitusjon.»
I Prop. 135 L (2019–2020) Endringer i arbeids- og velferdsforvaltningsloven, sosialtjenesteloven, lov om Statens pensjonskasse og enkelte andre lover (behandling av personopplysninger) uttaler departementet i punkt 8.4.2 sjette avsnitt at:
«Etter forslaget til ny § 45 skal Statens pensjonskasse bare få tilgang til nødvendige opplysninger etter pålegg i den enkelte sak for å forvalte de ordninger som Pensjonskassen administrerer. Departementet legger imidlertid til grunn at denne bestemmelsen ikke gir Statens pensjonskasse adgang til å innhente løpende inntektsopplysninger fra Skatteetaten, kun til å innhente opplysninger etter pålegg i den enkelte sak.»
Vidare følger det av åttande avsnitt at:
«Departementet finner det ikke hensiktsmessig å regulere i loven hvilke opplysninger som vil kunne være aktuelle i saksbehandlingen. Utformingen vil kunne bli både detaljert og omfangsrik. En eventuell regulering vil derfor egne seg best i forskrifts form, men departementet finner det ikke nødvendig å gjøre dette nå. Dette vil bli vurdert nærmere.»
I AFP-lova § 13 er ikkje innhenting av inntektsopplysningar frå skattestyresmaktene regulert.
Som nemnt ovanfor har Statens pensjonskasse behov for tilgang til rapporterte inntektsopplysningar og grunnlaget for pensjonsgivande inntekt frå skatteoppgjeret for å kunna oppfylle oppgåvene sine etter AFP-lova. Skatte- og inntektsopplysningar er nødvendig i fleire av vurderingane som skal gjerast. Det blir foreslått ein klar og tydeleg innhentingsheimel overfor skattestyresmaktene. Forslaget inneber at skattestyresmaktene kan utlevere opplysningar som er innhenta og behandla for skatteformål. Departementet viser til at personopplysningar berre kan bli samla inn til spesifikke, uttrykkeleg angitte og rettmessige formål, jf. artikkel 5 nr. 1 bokstav b. Med eit uttrykkeleg angitt og konkret formål vil det i større grad vere lett å angi kva personopplysningar som er adekvate, nødvendige og relevante for å oppfylle formålet (prinsippet om dataminimering). Prinsippa her vil bli tatt hand om gjennom dei rammene som er nedfelte i AFP-lova § 13 tredje ledd ved at det berre er nødvendige lønnsopplysningar som er gitt etter skatteforvaltningslova § 7-2 og opplysningar om pensjonsgivande inntekt frå skattestyresmaktene til bruk i arbeidet med AFP etter denne lova som kan innhentast.
Personvernforordninga artikkel 5 nr. 1 bokstav f fastset at personopplysningar skal bli behandla på ein måte som sikrar tilstrekkeleg tryggleik for personopplysningane, under dette vern mot uautorisert eller ulovleg behandling, og mot utilsikta tap, øydelegging eller skade ved bruk av eigne tekniske eller organisatoriske tiltak (prinsippet om integritet og konfidensialitet). Det er vidare forbode å oppbevare personopplysningar lenger enn det som er nødvendig for formålet dei blei samla inn for. Departementet føreset at Statens pensjonskasse sørger for at personopplysningane er korrekte og oppdaterte, at dei blir underlagde tilstrekkeleg informasjonssikkerheit og at dei blir sletta når formålet er oppfylt. Statens pensjonskasse må vidare sørga for å setje i verk tiltak mot utilsikta og ulovleg øydelegging, tap og endringar av personopplysningar. Statens pensjonskasse har strenge og detaljerte retningslinjer for behandling av personopplysningar som tar hand om krava i personvernforordninga. Departementet vil dessutan peika på at Statens pensjonskasse har teieplikt, noko som er viktig for rettstryggleiken og personvernet til borgarane. Departementet reknar at personvernrettar til den registrerte etter forordninga er tilstrekkeleg varetatt gjennom lovforslaget og tiltaka som er angitt ovanfor.
8.4 Ikraftsetjing. Økonomiske og administrative konsekvensar
Ny AFP får verknad frå 1. januar 2025. Dei tidlegare lovendringane er trådd i kraft frå 1. oktober 2024 av omsyn til Statens pensjonskasse si administrering av ordninga, og departementet foreslår at endringane no trer i kraft straks, og blir gitt verknad frå 1. oktober 2024.
Forslaget vil ikkje medføre økonomiske eller administrative konsekvensar utover det som følger av vedtekne endringar i lov om avtalefestet pensjon for medlemmer av Statens pensjonskasse.
Lovforslaget gjeld offentleg AFP for dei som er medlemmer av Statens pensjonskasse. Som nemnd over vil også andre sektorar ha tilsvarande reglar om offentleg AFP. I september 2024 fekk Kommunal- og distriktsdepartementet informasjon som indikerer at effekten av ny offentleg AFP på pensjonskostnadene i kommunesektoren vil bli monaleg. Informasjonen kom for seint til å kunne bli innarbeidd i budsjettala i statsbudsjettet for 2025, samstundes som det var uvisse rundt grunnlaget for berekninga av kostnadene. Dei har i rundskriv om berekningsføresetnadar for pensjonskostnadene for rekneskapsåret 2025 av 10. september 2024 fastsett at ny offentleg AFP inntil vidare ikkje skal inkluderast i kommunesektoren sine pensjonskostnader for 2025, men at dei vil kome tilbake til tidspunktet for slik inkludering. Regjeringa vil i revidert nasjonalbudsjett for 2025 kome tilbake med oppdatert anslag for meirkostnadene til pensjon inkludert effekten av ny offentleg AFP. Vidare vil regjeringa i revidert nasjonalbudsjett for 2025 sikre at kommunesektoren kan innarbeide ny offentleg AFP i sine pensjonskostnader i 2025. Regjeringa vil i sitt framlegg til revidert nasjonalbudsjett ta utgangspunkt i oppdatert anslag for meirkostnader til pensjon for å dekke ei auke i desse, men vil også gjere ei samla vurdering av kommunesektoren sin økonomi. Kommunal- og distriktsdepartementet legg opp til å fastsette revidert rundskriv om berekningsføresetnader for 2025 etter Stortinget si behandling av revidert nasjonalbudsjett for 2025.