6 Heimel til å gi forskrift om delt pensjonsgrunnlag i lov om Statens pensjonskasse og lov om pensjonsordning for apotekvirksomhet mv.
6.1 Innleiing og bakgrunn
Offentleg tenestepensjon blir tradisjonelt berekna av lønna (pensjonsgrunnlaget) til medlemmen ved pensjonering (sluttlønnsprinsippet). I enkelte tilfelle blir det tatt omsyn til tidlegare høgare lønn, og det blir då berekna eit delt pensjonsgrunnlag. Den tidlegare lønna gjeld for pensjonsgivande tenestetid før lønnsnedgangen, og lønna på pensjoneringstidspunktet gjeld for resten av tida som inngår i pensjonsberekninga. Bakgrunnen for reglane er å unngå at nedgang i lønn før tidspunktet for pensjonering får store negative konsekvensar for pensjonsberekninga.
Det har oppstått tvil om når det skal bereknast eit slikt delt pensjonsgrunnlag som følge av ei rettsavgjerd frå Trygderetten i 2021 der langvarig praksis i Statens pensjonskasse blir rekna som feilaktig. Rettsavgjerda bryt med tidlegare rettsavgjerder.
Departementet foreslår i punktet her å gi heimel i lov om Statens pensjonskasse og lov om pensjonsordning for apotekvirksomhet mv. til å gi forskrift om delt pensjonsgrunnlag slik at reglane kan bli gjort tydelege.
6.2 Gjeldande rett
6.2.1 Innleiing
Sluttlønnsprinsippet og delt pensjonsgrunnlag gjeld for alderspensjon etter gammal ordning, avtalefesta pensjon (AFP) i perioden 65–67 år for dei som er fødd i 1962 eller tidlegare og attlevandepensjon. Delt pensjonsgrunnlag er ikkje relevant for berekning av ny alderspensjon (påslagspensjon) for dei som er fødd i 1963 eller seinare og uførepensjon. Reglane om påslagspensjon gjeld for medlemmer av Statens pensjonskasse, ikkje medlemmer av pensjonsordninga for apotektilsette.
Regelen om delt pensjonsgrunnlag ved nedgang i lønn hindrar urimelege negative utslag i pensjonsnivået dersom ein til dømes på slutten av karrieren får ei ny stilling med eit lågare lønnsnivå. Føresegna bidreg til å moderera innlåsingseffektar av sluttlønnsmodellen, og gjer det mogleg med formålstenleg mobilitet blant eldre arbeidstakarar i offentleg sektor.
For at regelen skal få bruk, må det først konstaterast at det har skjedd ein lønnsnedgang som skal ha noko å seia for pensjonsberekninga, sjå nærmare i punkt 6.2.2 nedanfor. Når det er fastslått at det skal bereknast eit delt pensjonsgrunnlag, skal det tidlegare pensjonsgrunnlaget regulerast fram til pensjoneringstidspunktet etter eigne føresegner, sjå punkt 6.2.3.
6.2.2 I kva tilfelle eit delt pensjonsgrunnlag skal bereknast
Føresegna om når eit delt pensjonsgrunnlag skal bli berekna i Statens pensjonskasse, kjem fram av lov om Statens pensjonskasse § 15 andre ledd:
«Har en arbeidstaker tidligere hatt høyere pensjonsgrunnlag enn på pensjoneringstidspunktet og dette ikke skyldes en alminnelig lønnsregulering, skal det høyere grunnlag gjelde for tiden før grunnlaget gikk ned og resten av tiden regnes av grunnlaget ved pensjoneringen. Departementet kan fastsette vilkårene for at et midlertidig høyere pensjonsgrunnlag skal få virkning for pensjonsberegningen.»
Det er ikkje tydeleg i kva tilfelle eit delt pensjonsgrunnlag skal bli berekna. Det kjem berre fram at det gjeld tilfelle der arbeidstakaren tidlegare har hatt høgare pensjonsgrunnlag enn ved pensjoneringstidspunktet. Nedanfor er tre døme på moglege tilnærmingar til å samanlikne pensjonsgrunnlaga:
-
Nominell samanlikning av pensjonsgrunnlaget i full stilling før lønnsnedgangen og det siste pensjonsgrunnlaget i full stilling.
-
Pensjonsgrunnlaget i full stilling før lønnsnedgangen oppjustert med prosentvis auke i næraste lønnstrinn nedover etter hovudtariffavtalen i staten og så samanlikne med det siste pensjonsgrunnlaget i full stilling.
-
Pensjonsgrunnlaget i full stilling før lønnsnedgangen oppjustert tilsvarande som grunnbeløpet til folketrygda (G) og så samanlikne det med det siste pensjonsgrunnlaget i full stilling.
Det første dømet er i samsvar med ordlyden i lova, men synest ikkje å vere i samsvar med Stortingets intensjon då føresegna blei gitt. Ein nominell samanlikning tar ikkje omsyn til lønns- og prisvekst. Føresegna i § 15 andre ledd blei gitt i 1982 og var då ei vidareføring av tidlegare regelverk.
Praksis i Statens pensjonskasse har vore i samsvar med det som er nemnt i andre strekpunkt. Denne praksisen har antakeleg vart sidan 1958, med nokre små justeringar undervegs. Praksisen blei ikkje endra då reguleringa av pensjonane blei endra i 1986, 2011 og 2021. Den blei heller ikkje endra i 1998 slik Trygderetten la til grunn i rettsavgjerda frå 2021 (TRR-2021-1001). Statens pensjonskasse har frå 2000 praktisert eit krav om at minste differanse i pensjonsgrunnlaga som blir samanlikna må vere 1/48 av grunnbeløpet i folketrygda.
Trygderettsrettsavgjerda frå 2021 kjem til at samanlikninga etter tredje strekpunkt er det rette. Retten legg vekt på samanhengen mellom § 15 andre ledd og sjølve reguleringsføresegna av det tidlegare pensjonsgrunnlaget når det er konstatert at det skal bereknast eit delt pensjonsgrunnlag. Reguleringsføresegna kom tidlegare fram av § 15 fjerde ledd, men blei i 2011 flytta til § 42. Retten viser vidare til at Akademikerne ikkje har hatt lønnstrinn sidan mai 2016, og at det av den grunn også verkar feil å nytta lønnstrinnmetode ved samanlikninga. Retten meiner det er urimeleg og lite tenleg å regulera pensjonsgrunnlaget i desse tilfella på ein annan måte enn for ei oppsett pensjonsyting.
Avgjerda frå 2021 bryt med tidlegare trygderettsrettsavgjerder. I dei tidlegare avgjerdene blir det slått fast at lova ikkje angir tydeleg når det skal bli berekna eit delt pensjonsgrunnlag, og at praksis i Statens pensjonskasse derfor har vore rettmessig. Det gjeld til dømes ei trygderettsrettsavgjerd frå 2020 (TRR-2020-716) og ei avgjerd frå 2007 (TRR-2007-2126).
Pensjonsordninga for apotektilsette blir administrert av Statens pensjonskasse. Praksis for ordninga knytt til om det skal bli berekna eit delt pensjonsgrunnlag følger Statens pensjonskasses praksis, men med den forskjellen at det i samanlikninga blir brukt eigne lønnstabellar som gjeld for apoteksektoren, ikkje lønnstrinna i staten. Tidlegare var det sentrale lønnsoppgjer i apoteksektoren, og Statens pensjonskasse nytta lønnstabellar frå desse oppgjera. Dei sentrale oppgjera blei gradvis avvikla frå 2012, og det blei frå då av gitt tabellar over garanterte minstelønnssatsar. Det er utviklinga i minstelønnssatsane som no blir nytta i vurderinga av om det har skjedd nedgang i lønn eller ikkje som får noko å seia for om det skal bereknast eit delt pensjonsgrunnlag eller ikkje. Den aktuelle føresegna i lov om pensjonsordning for apotekvirksomhet mv. er i § 8 nr. 2 andre ledd.
I den lovfesta pensjonsordninga for sjukepleiarar går det fram av lova at det ved tariffavtale kan fastsettast minstegrenser for kor lenge ein må ha hatt det høgare pensjonsgrunnlaget for at det skal gi rett til auka pensjon. Slike reglar kjem mellom anna fram av dei tariffavtalte pensjonsreglane i KS sitt tariffområde, SGS 2020 Pensjonsordninger § 14-6. Det skilst her mellom nedgang i lønn i eit aktivt medlemsforhold og når det har vore eit opphald i medlemskapen. Ordninga som blir praktisert i pensjonsordninga for sjukepleiarar svarer til det som gjeld for kommunal tenestepensjonsordning.
6.2.3 Berekninga av delt pensjonsgrunnlag
Når det er slått fast at det skal bli berekna eit delt pensjonsgrunnlag som følge av nedgang i lønn, skal det tidlegare pensjonsgrunnlaget regulerast fram til pensjoneringstidspunktet, og så inngå i eit samla pensjonsgrunnlag.
Før 2011 skulle det tidlegare pensjonsgrunnlaget bli regulert på tilsvarande måte som for pensjonar under utbetaling. Dette gjekk fram av tidlegare § 15 fjerde ledd i lov om Statens pensjonskasse. I perioden frå 1958 til 1986 var reguleringa i samsvar med lønnsklassen/lønnstrinnet kvar enkelt arbeidstakar var innplassert i. Låg pensjonsgrunnlaget mellom to lønnsklassar/lønnstrinn, blei reguleringa knytt til lønnsklassen/lønnstrinnet under. Frå mai 1986 blei pensjonane regulerte i samsvar med endringa av grunnbeløpet til folketrygda.
Frå 2011 blei alderspensjon under utbetaling regulert med lønnsveksten og deretter fråtrekt 0,75 prosent. Frå då av skulle det tidlegare pensjonsgrunnlaget i eit delt pensjonsgrunnlag bli regulert som grunnbeløpet i folketrygda fram til pensjoneringstidspunktet, ikkje lenger som pensjonar under utbetaling. Føresegna om berekninga av delt pensjonsgrunnlag blei frå 2011 flytta frå § 15 fjerde ledd til § 42 fjerde ledd:
«Pensjonsgrunnlaget for medlemmer som fratrer sin stilling uten rett til straks å få pensjon etter loven her eller lov om avtalefestet pensjon for medlemmer av Statens pensjonskasse, jf. § 23, reguleres med lønnsveksten fram til tidspunktet det ytes pensjon etter loven her. Når en arbeidstaker har gått over fra et høyere til et lavere samlet pensjonsgrunnlag, jf. § 15 annet ledd, skal det tidligere grunnlag som har betydning for pensjonsberegningen reguleres tilsvarende.»
Etter første punktum skal altså pensjonsgrunnlaget for oppsette pensjonsrettar bli regulert med lønnsveksten fram til tidspunktet for pensjonering. Etter andre punktum skal det tidlegare pensjonsgrunnlaget som inngår i berekninga av delt pensjonsgrunnlag «reguleres tilsvarende» når det er fastslått at det gjeld nedgang i lønn etter § 15 andre ledd. Lønnsveksten i denne samanhengen er lønnsveksten som blir lagd til grunn for reguleringa av grunnbeløpet i folketrygda. I 2020 blei reguleringsføresegna flytta frå § 42 fjerde ledd til § 42 femte ledd, utan noka realitetsendring.
Ingen av endringane av reguleringa av pensjonane i 1986 eller 2011 medførte endringar i måten Statens pensjonskasse konstaterte at det hadde skjedde ein nedgang i lønn etter lov om Statens pensjonskasse § 15 andre ledd, sjå punkt 6.2.2 ovanfor. Det same gjaldt i 2021 då det blei gitt nye reguleringsføresegner for alderspensjon under utbetaling, nemleg regulering med eit gjennomsnitt av lønns- og prisvekst.
I pensjonsordninga for apotektilsette gjeld særskilde reguleringsreglar. Det er styret i pensjonsordninga som fastset kva reguleringa av pensjonane skal vere, jf. § 34 tredje ledd i lova. Eit tidlegare pensjonsgrunnlag som inngår i delt pensjonsgrunnlag, skal bli regulert tilsvarande som pensjonar under utbetaling, jf. lova § 8 nr. 2 fjerde ledd.
6.3 Høyring
Arbeids- og inkluderingsdepartementet sendte eit forslag til endring av lov om Statens pensjonskasse og lov om pensjonsordning for apotekvirksomhet mv. på høyring 16. februar 2024, til følgande høyringsinstansar:
-
Departementa
-
Arbeids- og velferdsdirektoratet
-
Datatilsynet
-
Finanstilsynet
-
Konkurransetilsynet
-
Likestillings- og diskrimineringsombodet
-
Pensjonsordning for apotekvirksomhet
-
Pensjonsordning for sykepleiere
-
Regelrådet
-
Regjeringsadvokaten
-
Rådet for et aldersvennleg Norge
-
Senter for seniorpolitikk (no Kunnskapssenter for lengre arbeidsliv)
-
Skattedirektoratet
-
Statens pensjonskasse
-
Statistisk sentralbyrå
-
Trygderetten
-
Sivilombodet
-
Oslo kommune
-
Akademikerne
-
Arbeidsgiverforeningen Spekter
-
Den Norske Aktuarforening
-
Farmasiforbundet
-
Finans Norge
-
Forsvar offentlig pensjon
-
Forsvarets seniorforbund
-
Gabler AS
-
Hovedorganisasjonen Virke
-
Kommunal Landspensjonskasse
-
KS – Kommunesektorens organisasjon
-
Landsforbundet for offentlige pensjonister
-
Landsorganisasjonen i Norge (LO)
-
LO Kommune
-
LO Stat
-
Norges Farmaceutiske Forening
-
Norges ingeniør- og teknologorganisasjon
-
Norsk Pensjon AS
-
Næringslivets Hovedorganisasjon
-
Oslo Pensjonsforsikring AS
-
Pensjon for alle
-
Pensjonistforbundet
-
Pensjonskasseforeningen
-
Pensjonskontoret
-
Regnskap Norge
-
Samfunnsbedriftene
-
Senior Norge
-
Seniorenes fellesorganisasjon
-
Storebrand
-
Unio
-
Yrkesorganisasjonenes Sentralforbund
I høyringsnotatet foreslo departementet ein forskriftsheimel i dei to lovene som gjer det mogleg å tydeleggjere i kva tilfelle det skal bli rekna ut eit delt pensjonsgrunnlag etter lov om Statens pensjonskasse § 15 andre ledd og lov om pensjonsordning for apotekvirksomhet mv. § 8 nr. 2 andre ledd. Det blei også foreslått reglar i forskrift om dette som stadfesta praksis i Statens pensjonskasse og pensjonsordninga for apotektilsette. Forslaget gjaldt altså i kva tilfelle det skal bereknast eit delt pensjonsgrunnlag. Det blei påpeika i høyringsnotatet at når det først er klarlagt at det skal bereknast eit delt pensjonsgrunnlag, skal det tidlegare pensjonsgrunnlaget bli regulert som grunnbeløpet i folketrygda fram til tidspunktet for pensjonering for dei som er omfatta av lov om Statens pensjonskasse og tilsvarande som pensjonar under utbetaling for dei som er omfatta av lov om pensjonsordning for apotekvirksomhet mv. Høyringsfristen var 19. mai 2024.
Følgande høyringsinstansar hadde merknadar:
-
Akademikerne
-
KS – Kommunesektorens organisasjon
-
Landsforbundet for offentlige pensjonister
-
Unio
-
Privatperson Rajinder Midha
Følgande høyringsinstansar har svara at dei ikkje har merknadar:
-
Forsvarsdepartementet
-
Justis- og beredskapsdepartementet
-
Landbruks- og matdepartementet
-
Samferdselsdepartementet
-
Arbeids- og velferdsdirektoratet
-
Skatteetaten
-
Statens pensjonskasse
-
Den Norske Aktuarforening
KS støttar forslaget. Dei skriv mellom anna:
«Det fremstår godt begrunnet og rimelig at den langvarige praksis for beregning av delt pensjonsgrunnlag videreføres.»
Dei andre som har uttala seg, støttar ikkje forslaget.
Hovudpunkta i Akademikernes høyringsfråsegn er at berekning av pensjonsgrunnlag der tilsette i staten har gått over i lågare lønna stilling og har delt pensjonsgrunnlag, må skje i tråd med dagens praksis i Trygderetten, og slik det normalt blir gjort i samanliknbare situasjonar, at det blir regulert med veksten i grunnbeløpet til folketrygda. Forslaget frå departement om å nytta lønnstrinn som grunnlag, kan ikkje bli forstått som ei presisering, men som eit endringsforslag. Fleirtalet av dei ramma arbeidstakarane er ikkje omfatta av lønnstrinn ettersom dette ikkje inngår i tariffavtalesystemet dei er omfatta av.
Landsforbundet for offentlige pensjonister meiner forslaget frå departementet er ein omgåing av rettsavgjerda frå Trygderetten. Forbundet er usamd i forslaget, og meiner departementet må følga rettsavgjerda frå Trygderetten.
Unio meiner departementet med forslaget omgår avgjerda frå Trygderetten i 2021. Dei viser til at auken i grunnbeløpet, eller auken med den alminnelege lønnsveksten i samfunnet, fangar opp meir enn vekst i eit lønnstrinn. Dei skriv at den alminnelege lønnsauken også fangar opp det at dei fleste arbeidstakarar i løpet av karrieren rykker opp på lønnsstigen eller opp i lønnstrinn, og at vilkårsprøvinga for delt pensjonsgrunnlag under dagens praksis vil ta frå mange som har hatt nedgang i lønn høvet til å få berekna eit delt pensjonsgrunnlag som ville gitt ein høgare pensjon. Dei samanfattar synet sitt slik:
«Unio er uenig i lovforslaget og mener Arbeids- og inkluderingsdepartementet må forholde seg til Trygderettens kjennelse (TRR-2021-1001) og innrette seg etter den lovforståelse som Trygderetten har lagt til grunn. I den grad departementet skal fremme lovforslag, bør dette være et lovforslag som stadfester og presiserer Trygderettens lovforståelse.»
Rajinder Midha påpeikar at staten ikkje førte prinsipprettsavgjerda i Trygderetten inn for lagmannsretten for rettsleg overprøving, og at rettsavgjerda derfor er rettskraftig og må bli lagt til grunn som gjeldande rett. Han meiner Stortinget ikkje på noko tidspunkt har bestemt at det tidlegare pensjonsgrunnlaget skal bli regulert annleis enn pensjonar under utbetaling. Han meiner det i dag ikkje er nokon heimel i lova til å regulere pensjonsgrunnlaget etter nedgang i lønn annleis enn andre rettar i Statens pensjonskasse. Det blir også vist til at når ein har tent opp pensjon i arbeid med ei viss lønn og betalt premie deretter, er det ikkje sakleg grunn for at utbetalt pensjon ikkje skal vere på grunnlag av denne oppteninga og innbetalinga. Vidare nemner han at høyringsnotatet ikkje har vurdert forholdet til Den europeiske menneskerettighetskonvensjon (EMK) protokoll 1 artikkel 1 om vernet av eigedomsretten, og viser til at menneskerettsdomstolen har slått fast i fleire dommar at opptente pensjonsrettar på grunnlag av innbetalt premie er «eigedom» som er verna etter føresegna.
6.4 Vurderingar og forslag
Reglane om delt pensjonsgrunnlag gjeld to forhold. For det første å konstatere i kva tilfelle det skal bli berekna eit delt pensjonsgrunnlag. Lovforslaget frå departementet gjeld dette. For det andre, når det er konstatert at det skal bli berekna eit delt pensjonsgrunnlag, skal det tidlegare pensjonsgrunnlaget som inngår i det samla pensjonsgrunnlaget, bli regulert som grunnbeløpet i folketrygda fram til tidspunktet for pensjonering for dei som er omfatta av lov om Statens pensjonskasse, og tilsvarande som pensjonar under utbetaling for dei som er omfatta av lov om pensjonsordning for apotekvirksomhet mv. Lovforslaget gjeld ikkje dette andre punktet.
Rettsavgjerda frå Trygderetten i 2021 om i kva tilfelle det skal bli berekna delt pensjonsgrunnlag, inneber etter synet til departementet ei lite tenleg operasjonalisering av reglane om delt pensjonsgrunnlag. Det omfattar alle tilfelle det har vore ein nedgang i lønn, same kor liten og kortvarig nedgangen i lønna er. Dette kan gi ein urimeleg god fordel, og vil gjera det attraktivt med tilpassingar. Det kjem av at mange arbeidstakarar sakkar akterut i lønnsutvikling samanlikna med G-reguleringa dei siste åra før dei fråtrer med alderspensjon. Løysinga samsvarer derfor dårleg med sluttlønnsprinsippet.
Departementet meiner Trygderetten gjer ei for tett samankopling av det å konstatere i kva tilfelle det skal bli berekna delt pensjonsgrunnlag og sjølve reguleringa av det tidlegare pensjonsgrunnlaget når det er konstatert at det skal bli berekna eit delt pensjonsgrunnlag.
Trygderetten viser til utsegner i Prop. 107 L (2009–2010) A) Lov om avtalefestet pensjon for medlemmer av Statens pensjonskasse B) Endringer i lov om Statens Pensjonskasse, lov om samordning av pensjons- og trygdeytelser og i enkelte andre lover (oppfølging av avtale om tjenestepensjon og AFP i offentlig sektor i tariffoppgjøret 2009) då reguleringsføresegna av det tidlegare pensjonsgrunnlaget etter lov om Statens pensjonskasse § 15 fjerde ledd blei flytta til § 42. Departementet vil her påpeike at det aldri var meininga å endre rettstilstanden i 2011 knytt til korleis det kan bli konstatert at det skal bli berekna eit delt pensjonsgrunnlag etter lov om Statens pensjonskasse § 15 andre ledd då Prop. 107 L (2009–2010) blei lagt fram. Det nye var at Stortinget ikkje lenger skulle gjere årlege vedtak om regulering av pensjonane, og det ble gjort endringar i berekninga av eit delt pensjonsgrunnlag når det var bestemd etter § 15 andre ledd at det skulle bli berekna eit delt pensjonsgrunnlag. Reguleringsføresegna i § 15 fjerde ledd blei då flytta til § 42, men flyttinga var ikkje meint å skulla påverka vurderinga av om det hadde skjedd nedgang i lønn etter § 15 andre ledd.
Den sentrale føresegna for om det har skjedd nedgang i lønn som får noko å seia for pensjonsberekninga i Statens pensjonskasse, er lov om Statens pensjonskasse § 15 andre ledd. Denne føresegna har stått uendra frå 1982 og fram til i dag, og var dessutan ei vidareføring av ei tidlegare føresegn. Den angir ikkje tydeleg i kva tilfelle eit delt pensjonsgrunnlag skal bli berekna. Statens pensjonskasse har derfor hatt ein langvarig praksis som operasjonaliserer føresegna. I tidlegare rettsavgjerder frå Trygderetten er praksis i Statens pensjonskasse blitt stadfesta.
Trygderetten har også stadfesta kommunal tenestepensjon si praksis i same saksfelt. To døme her er TRR-2013-1372 og TRR-2017-1613. Som nemnt ovanfor blir metoden som er brukt i kommunal tenestepensjon også brukt i pensjonsordninga for sjukepleiarar.
Den sentrale føresegna for pensjonsordninga for apotektilsette er lov om pensjonsordning for apotekvirksomhet mv. § 8 nr. 2 andre ledd. Denne føresegna har stått uendra frå 1984 og fram til i dag.
Departementet meiner dei ulike rettsavgjerdene frå Trygderetten knytt til Statens pensjonskasse gjer det nødvendig med ei presisering av regelverket for å slå fast i kva tilfelle det skal bli berekna eit delt pensjonsgrunnlag. Det sentrale i vurderinga er å fastsette noverdien av den tidlegare lønna på ein formålstenleg måte. Departementet foreslår å gi ein forskriftsheimel i lov om Statens pensjonskasse og lov om pensjonsordning for apotekvirksomhet mv., og at presiserande regelverk kjem fram av forskrift.
Metoden Statens pensjonskasse har brukt til å fastsette i kva tilfelle det skal bli berekna eit delt pensjonsgrunnlag, er mogleg å bruka sjølv om enkelte arbeidstakarar ikkje er omfatta av lønnstrinn. Som nemnt over er formålet å finna noverdien av det tidlegare pensjonsgrunnlaget på ein formålstenleg måte. Det skjer gjennom lønnstrinnmetoden som Statens pensjonskasse har brukt.
I høyringa foreslo departementet å regelfeste i forskrift det som er gjeldande praksis. Det kan no vere behov for å endre på dette. Sjølv om dagens praksis har vore fornuftig, er den i ferd med å bli utdatert sidan stadig fleire grupper ikkje lenger har lønn etter eit lønnstrinn. Ved det siste tariffoppgjeret i staten blei det lagt opp til at lønnstrinn i staten ikkje lenger skal gjelde. Departementet vil i samråd med Statens pensjonskasse vurdere nødvendige endringar.
Departementet ser i dag at det ville vore ein fordel om rettsavgjerda frå Trygderetten hadde vore brakt inn for lagmannsretten. Som tidlegare nemnt har Trygderetten lenge meint at praksis frå Statens pensjonskasse var i samsvar med gjeldande reglar. Når det så kjem ei avgjerd som går i mot dei tidlegare avgjerande, er det nødvendig for departementet å foreslå endringar.
Dersom avgjerda i Trygderetten blir følgd, må ein rekke pensjonar bli endra med tilbakeverkande kraft. Ei slik endring vil ha store administrative konsekvensar, og vil i mange tilfelle slå tilfeldig ut for den enkelte. Dette som følge av at mange lønnsopplysningar som ikkje har hatt noko å seia tidlegare og som derfor ikkje har vore registrert som medlemsopplysningar, kan få noko å seie. Desse opplysningane kan vere svært krevjande å finne tilbake til, og kanskje også umogleg. Dei økonomiske konsekvensane er også store.
Til uttalen frå Trygderetten i avgjerda frå 2021 om at det er urimeleg og lite tenleg å regulera pensjonsgrunnlaget i desse tilfella på ein annan måta enn for ei oppsett pensjonsyting, vil departementet påpeika at reguleringa ikkje blir gjort på nokon annan måte. Det er det å fastsette at det skal bereknast eit delt pensjonsgrunnlag som denne saka gjeld, ikkje korleis reguleringa skal bli gjort når det først er konstatert at eit delt pensjonsgrunnlag skal bli berekna. Når dette er konstatert, blir det tidlegare pensjonsgrunnlaget regulert som for oppsette pensjonar.
Departementet meiner uttalen frå Rajinder Midha blandar det å fastslå i kva tilfelle det skal bli berekna eit delt pensjonsgrunnlag og korleis det tidlegare pensjonsgrunnlaget skal bli regulert når det er fastslått at eit delt pensjonsgrunnlag skal bli berekna. Uttalen hans om at Stortinget ikkje på noko tidspunkt har bestemt at det tidlegare pensjonsgrunnlaget skal bli regulert annleis enn for pensjonar under utbetaling, stemmer ikkje. Når det er konstatert at det skal bli berekna eit delt pensjonsgrunnlag etter lov om Statens pensjonskasse § 15 andre ledd, skal det tidlegare pensjonsgrunnlaget frå 2011 bli regulert tilsvarande som grunnbeløpet til folketrygda, ikkje som pensjonar under utbetaling. Departementet meiner dagens praksis i Statens pensjonskasse er gjeldande rett, og at forslaget derfor ikkje inneber noka endring.
Sjå forslaget til endringar i lov om Statens pensjonskasse § 15 og lov om pensjonsordning for apotekvirksomhet mv. § 8.
6.5 Ikraftsetjing. Økonomiske og administrative konsekvensar
Endringane kan tre i kraft så raskt som mogleg etter at lova er vedtatt. Forslaga har ingen økonomiske eller administrative konsekvensar.
Til orientering har Statens pensjonskasse vurdert dei økonomiske konsekvensane av å endre praksis i samsvar med rettsavgjerda frå Trygderetten med tilbakeverkande kraft til å utgjere om lag 1,5 milliardar kroner. Ei slik endring kan gjelde i underkant av 24 000 pensjonistar. Dette er ein eingongskostnad. I tillegg vil det komme auka framtidige årlege kostnader som per no ikkje er mogleg å fastslå. Berekninga er gjennomført med nokre føresetnader, mellom anna at det blir avgrensa til pensjonsuttak som har skjedd etter 2010 og at det berre gjeld pensjonar under utbetaling. Kostnadene vil auke dersom det ikkje blir sett slike føresetnader.