1 Innleiing
Arbeids- og sosialdepartementet legg i denne proposisjonen fram forslag om endringar av løyvingane under enkelte kapittel under programområde 09 Arbeid og sosiale formål, programområde 29 Sosiale formål, folketrygda, programområde 33 Arbeidsliv, folketrygda, samt enkelte av inntektene for 2019.
Dei reviderte overslaga for folketrygda sine utgifter og inntekter i 2019 bygger i hovudsak på tal frå rekneskap per 30. september 2019.
Arbeids- og sosialdepartementet fremmer forslag om å redusere løyvingane under utgiftskapitla under programområde 09 Arbeid og sosiale formål utanom lånetransaksjonar med 373 mill. kroner, å auka løyvingane under programområde 29 Sosiale formål, folketrygda med 577 mill. kroner og å redusere løyvingane under programområde 33 Arbeidsliv, folketrygda med 60 mill. kroner. Samla foreslår Arbeids- og sosialdepartementet at løyvingane under utgiftskapitla utanom lånetransaksjonar blir auka med 144 mill. kroner.
Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å redusere løyvingane for inntekter utanom lånetransaksjonar under inntektskapitla med 44 mill. kroner.
Kap. 601 Utgreiingsverksemd, forsking mv.
Post 70 Tilskott
Løyvinga for 2019 er 26,7 mill. kroner.
Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å redusere løyvinga på posten med 1 mill. kroner som følge av at utgifter til departementets del av EU-kontingentar er lågare enn det som er lagt til grunn i saldert budsjett.
Kap. 604 Utviklingstiltak i arbeids- og velferdsforvaltninga
Post 45 Større utstyrsanskaffingar og vedlikehald, kan overførast, kan nyttast under post 21
Løyvinga for 2019 er 352,5 mill. kroner.
Løyvinga på posten for 2019 gjeld Prosjekt 3 i IKT-moderniseringsprogrammet for Arbeids- og velferdsetaten. Samla ramme for Prosjekt 3, jf. Stortinget sitt vedtak nr. 241 (2018–2019), ligg fast. Men det er behov for ei anna tidsmessig fordeling av midlane for prosjektet enn det som tidlegare låg til grunn. For å bringe løyvinga i tråd med realistisk budsjett for det enkelte budsjettåret, foreslår ein å redusere løyvinga for 2019.
Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 294 mill. kroner.
Kap. 605 Arbeids- og velferdsetaten
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga for 2019 er 11 844,1 mill. kroner.
I samband med den nye IA-avtalen, jf. Prop. 48 S (2018–2019), blei det løyvt 15 mill. kroner under kap. 605, post 01 til personellressursar i Arbeids- og velferdsetaten til gjennomføring av forsøket med kompetansetiltak til sjukmelde.
Forsøket er forseinka og vil ikkje starte opp før i 2020, sjå også kap. 2650, post 76 Tilskott til eksperthjelp og kompetansetiltak for sjukmelde. Eit forprosjekt vil likevel starte opp denne hausten. Prosjektet skal blant anna gi kunnskap om målgruppa, samt gi høve til å utvikle og prøve ut verktøy for å identifisere målgruppa for forsøket, kartleggje kompetanse, kompetansebehov, helseutfordringar og behov for tilrettelegging. Det er venta at det vil bli nytta 3 mill. kroner til personellressursar i Arbeids- og velferdsdirektoratet og i forsøksfylka i samband med iverksetjing, oppfølging og drift av forprosjektet i 2019. Samtidig er det venta eit mindreforbruk på 12 mill. kroner under kap. 605, post 01 i 2019 pga. forseinka iverksetjing av tiltaket. Departementet foreslår å redusere løyvinga under kap. 605, post 01 med 12 mill. kroner.
Vidare foreslår departementet å auke løyvinga med 1,9 mill. kroner som følge av høgare inntekter for Arbeids- og velferdsetaten, jf. omtale under kap. 3605, post 04. Dette er ei parallelljustering av utgifts- og inntektskapittelet.
Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å redusere løyvinga under kap. 605, post 01 med i alt 10,2 mill. kroner.
Post 22 Forskings- og utgreiingsverksemd
Løyvinga for 2019 er 57,2 mill. kroner.
I samband med den nye IA-avtalen blei det løyvt 3 mill. kroner på posten til utgifter til evaluering av tiltaka tilskott til ekspertbistand og forsøk med kompetansetiltak for sjukmelde. Oppdaterte anslag viser at berre delar av desse midlane vil bli nytta i 2019.
Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 2,6 mill. kroner.
Kap. 3605 Arbeids- og velferdsetaten
Post 04 Tolketenester
Løyvinga på posten er 2,7 mill. kroner.
Mellom anna på grunn av inntektene så langt i år, er anslaget for inntektene på posten i 2019 auka til 4,5 mill. kroner. Sjå også forslag om parallelljustering av løyvinga på kap. 605, post 01.
Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å auke løyvinga på posten med 1,9 mill. kroner.
Kap. 612 Tilskott til Statens pensjonskasse
Post 01 Driftsutgifter, overslagsløyving
Post 22 Sluttoppgjer, overslagsløyving
Post 70 For andre medlemer av Statens pensjonskasse, overslagsløyving
Løyvinga for 2019 på post 01 er 4 970 mill. kroner.
Løyvinga for 2019 på post 22 er -1 649 mill. kroner.
Løyvinga for 2019 på post 70 er 176 mill. kroner.
Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å redusere løyvinga på kap. 612 med totalt 30 mill. kroner. Post 01 er foreslått redusert med 64 mill. kroner, post 22 er foreslått auka med 41 mill. kroner og post 70 er foreslått redusert med 7 mill. kroner.
Reduksjonen kjem i hovudsak av at anslaget over premieinntekter (arbeidsgivarpremie og medlemsinnskot) er auka. I motsett retning viser oppdaterte anslag at mellom anna utbetalte AFP-pensjonar og anslag for sluttoppgjer er auka.
Kap. 614 Bustadlåneordninga i Statens pensjonskasse
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga for 2019 er 32 mill. kroner.
Nytt anslag er basert på føresetnader om at volumet i bustadlåneordninga i Statens pensjonskasse er auka, jf. kap. 3614, post 90 og kap. 614, post 90.
Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å auke løyvinga med 2 mill. kroner.
Post 90 Utlån, overslagsløyving
Løyvinga for 2019 er 10 100 mill. kroner.
Anslag for utbetalte lån i 2019 er auka med 1 700 mill. kroner. Auken kjem av at talet på innkomne søknader er auka samanlikna med anslag i revidert nasjonalbudsjett for 2019.
Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å auke løyvinga med 1 700 mill. kroner.
Kap. 3614 Bustadlåneordninga i Statens pensjonskasse
Post 01 Gebyrinntekter, lån
Løyvinga for 2019 er 28 mill. kroner.
Nytt anslag baserer seg på føresetnader om at volumet i bustadlåneordninga i Statens pensjonskasse er auka, jf. kap. 3614, post 90 og kap. 614, post 90.
Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å auke løyvinga med 2 mill. kroner.
Post 90 Tilbakebetaling av lån
Løyvinga for 2019 er 11 100 mill. kroner.
Nytt anslag skuldast ein reduksjon i talet på innfridde lån og at gjennomsnittleg innfridd beløp er redusert.
Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 800 mill. kroner.
Kap. 5607 Renter av bustadlåneordninga i Statens pensjonskasse
Post 80 Renter
Løyvinga for 2019 er 1 048 mill. kroner.
Anslaget for renteinntekter er redusert med 110 mill. kroner. Reduksjonen skuldast lågare rentenivå enn det som blei lagt til grunn i revidert nasjonalbudsjett 2019. I motsett retning trekk ei oppjustering av volumføresetnadene som er lagt til grunn i kap. 614 og kap. 3614.
Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 110 mill. kroner.
Kap. 615 Yrkesskadeforsikring
Post 01 Driftsutgifter, overslagsløyving
Løyvinga for 2019 er 91 mill. kroner.
Nytt anslag er basert på utbetalte erstatningar så langt i 2019 og prognose for utbetalingar ut året.
Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 6 mill. kroner.
Kap. 616 Gruppelivsforsikring
Post 01 Driftsutgifter, overslagsløyving
Løyvinga for 2019 er 206 mill. kroner.
Nytt anslag er basert på utbetalte erstatningar så langt i 2019 og prognose for utbetalingar ut året. Utbetalte gruppelivserstatningar varierer frå år til år og er mellom anna avhengig av kor mange prioriterte etterlatne avdøde har.
Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 36 mill. kroner.
Kap. 634 Arbeidsmarknadstiltak
Post 76 Tiltak for arbeidssøkjarar, kan overførast
Løyvinga for 2019 er 7 095,5 mill. kroner.
For å dekke eit merbehov under post 78 Tilskott til arbeids- og utdanningsreiser på 4,5 mill. kroner, jf. omtale under post 78 blir det foreslått at post 76 blir redusert med tilsvarande beløp.
Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 4,5 mill. kroner.
Post 78 Tilskott til arbeids- og utdanningsreiser
Løyvinga for 2019 er 68,1 mill. kroner.
Arbeids- og utdanningsreiser skal bidra til at personar som har forflyttingsvanskar grunna varig nedsett funksjonsevene, kan vere i ordinært arbeid eller gjennomføre arbeidsretta utdanning. I 2019 har det vore ein auke i talet på deltakarar i ordninga, og det blir anslått at løyvinga må auke med 4,5 mill. kroner dersom aktiviteten skal halde fram på dagens nivå.
Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å auke løyvinga med 4,5 mill. kroner.
Kap. 3634 Arbeidsmarknadstiltak
Post 85 Innfordring av feilutbetaling, arbeidsmarknadstiltak
Løyvinga for 2019 er på 0,2 mill. kroner.
Inntekter frå innfordringar av feilutbetalingar blir berekna til 7,7 mill. kroner i 2019. Auken i inntekter kan henge saman med betre kontrollmoglegheiter og betre registerdata, som gjer at fleire feilutbetalingar blir avdekka og høgare beløp blir kravd inn.
Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å auke løyvinga med 7,5 mill. kroner.
Kap. 635 Venteløn
Post 01 Driftsutgifter, overslagsløyving
Løyvinga for 2019 er 12 mill. kroner.
Utgiftene er berekna til 11 mill. kroner i 2019.
Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 1 mill. kroner.
Kap. 640 Arbeidstilsynet
Post 01 Driftsutgifter, kan overførast
Løyvinga for 2019 er på 693,1 mill. kroner.
I samband med IA-avtalen er det i 2019 gjeve ei eittårig løyving på posten på 20 mill. kroner, knytt til ein nettportal for å formidla kunnskap og kompetanse om effektivt førebyggande arbeidsmiljøarbeid. Av løyvinga på 20 mill. kroner viser prognosen eit venta mindreforbruk på 12,7 mill. kroner. Dette kjem av at det tar tid å fullføre utviklinga av portalen. Arbeidstilsynet fekk og ei auka løyving knytt til arbeidsmiljøsatsinga i samband med IA-avtalen på 25 mill. kroner. Prognosen for desse midlane tilseier eit mindreforbruk på 24,5 mill. kroner.
Grunna forseinkingar i planleggingsfasen og utsette oppgåver som blir gjennomførte i 2020 er det behov for at løyvinga knytt til IA-tiltaka overførast til 2020. Arbeids- og sosialdepartementet foreslår derfor at posten i 2019 får stikkordet «kan overførast» knytt til desse midlane på 37,2 mill. kroner.
Departementet foreslår i tillegg å auke løyvinga med 0,68 mill. kroner på kap. 640, post 01 som følge av ein auke på kap. 3640, post 06 på 2,4 mill. kroner og ein reduksjon på kap. 3640, post 07 på 1,7 mill. kroner jf. omtale under kap. 3640, post 06 og 07. Dette er ei parallelljustering av utgifts- og inntektskapitla.
Post 21 Spesielle driftsutgifter
Løyvinga for 2019 er på 11,8 mill. kroner.
Posten dekker dei utgiftene som Arbeidstilsynet har ved å administrere ordninga med regionale verneombod i overnattings- og serveringsverksemdene og reinhaldsbransjen. Utgiftene blir i hovudsak dekte gjennom refunderte inntekter frå fondstyret for verneombodsordninga under kap. 3640, post 08. Prognosen syner ei venta meirutgift knytt til auka aktivitet, på om lag 2,2 mill. kroner, som delvis blir dekka av ein auke i refusjonsinntekter. Skilnaden mellom utgifts- og inntektsposten har mellom anna komme som følge av uttrekk knyttet til avbyråkratiserings- og effektiviseringsreformen på utgiftssida og ulik prisjustering.
Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å auke løyvinga med 2,2 mill. kroner.
Kap. 3640 Arbeidstilsynet
Post 04 Kjemikaliekontroll, gebyr
Løyvinga for 2019 er på 7 mill. kroner.
Kjemikalieavgift blir kravd inn av Miljødirektoratet, jf. Forskrift om deklarering av kjemikaliar til produktregisteret (deklareringsforskrifta). Dei totale gebyrinntektene for året blir delte mellom Arbeidstilsynet og Miljødirektoratet slik at 7/15 av dei totale inntektene blir overført til Arbeidstilsynet. For 2019 tilseier prognosen på kap. 3640.04 ei mindreinntekt på om lag 2,7 mill. kroner.
Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 2,7 mill. kroner.
Post 05 Tvangsmulkt
Løyvinga for 2019 er på 2,5 mill. kroner.
Det har for Arbeidstilsynet hittil i 2019 vore naudsynt å bruke tvangsmulkter oftare enn det som låg til grunn for løyvinga. Inntektene på posten vil avhenge av i kor stor grad Arbeidstilsynet må bruke dette verkemiddelet. Prognosen for 2019 tilseier no ei auka inntekt på om lag 5,5 mill. kroner.
Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å auke løyvinga med 5,5 mill. kroner.
Post 06 Refusjonar
Det er ikkje løyving på posten.
Inntektene på posten gjeld refusjon for mellombels utlegg og innbetalingar av kursavgifter. Prognosen for 2019 tilseier ei samla inntekt på posten på om lag 2,4 mill. kroner.
Arbeids- og sosialdepartementet foreslår ei løyving på 2,4 mill. kroner, mot ein tilsvarande auke på kap. 640, post 01.
Post 07 Byggesakshandsaming, gebyr
Løyvinga for 2019 er på 22,7 mill. kroner.
Inntektene på posten er knytt til talet på byggesaker som blir innsende til Arbeidstilsynet. Arbeidstilsynet har hittill i 2019 fått færre byggesaker til handsaming enn det som ligg til grunn for løyvinga. Prognosen for 2019 tilseier no ei redusert inntekt på posten på om lag 1,7 mill. kroner.
Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 1,7 mill. kroner, mot ein tilsvarande reduksjon på kap. 640, post 01.
Post 08 Refusjon utgifter regionale verneombod
Løyvinga for 2019 er på 13,1 mill. kroner.
Inntektene på posten dekker refusjonar for utgifter til drift av regionale verneombod i overnattings- og serveringsverksemdene og reinhaldsbransjen, som blir administrert av Arbeidstilsynet. Grunna auka aktivitet og auka utgifter vil også refusjonen for utgiftene auke. Prognosen for 2019 tilseier ei auka inntekt på posten på om lag 0,9 mill. kroner.
Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å auke løyvinga med 0,9 mill. kroner.
Post 09 Gebyr for brot på arbeidsmiljøregelverket
Posten har ikkje løyving.
Inntektene på posten vil avhenge av i kor stor grad Arbeidstilsynet må bruke dette verkemiddelet. Prognosen for 2019 tilseier ei inntekt på om lag 33 mill. kroner.
Arbeids- og sosialdepartementet foreslår ei løyving på 33 mill. kroner på posten.
Kap. 642 Petroleumstilsynet
Post 21 Spesielle driftsutgifter
Løyvinga for 2019 er på 29,4 mill. kroner.
Prosjekt og aktivitetar under oppdrags- og samarbeidsverksemd er i hovudsak initierte av andre aktørar enn Petroleumstilsynet, og etaten har slik avgrensa innverknad på når aktivitetane vil bli gjennomførte. Det har i 2019 vore noko høgare aktivitet enn først planlagt, tilsvarande ei auka utgift på 0,6 mill. kroner.
Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å auke løyvinga med 0,6 mill. kroner.
Kap. 3642 Petroleumstilsynet
Post 03 Gebyr tilsyn
Løyvinga for 2019 er på 71,2 mill. kroner.
Forventa prognose for inntekter på posten tilseier ein auke på om lag 9,2 mill. kroner. Dette kjem av mellom anna at Petroleumstilsynet har måtta gjennomføre fleire granskingar og andre naudsynte gebyrfinansierte oppgåver enn lagt til grunn for løyvinga.
Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å auke løyvinga med 9,2 mill. kroner.
Kap. 5571 Sektoravgifter under Arbeidsdepartementet
Post 70 Petroleumstilsynet – sektoravgift
Løyvinga for 2019 er på 122,1 mill. kroner.
Forventa prognose for inntekter på posten tilseier ein reduksjon på om lag 5,5 mill. kroner. Forventa mindreinntekt skuldast ei naudsynt forskyving mellom sektor- og gebyrfinansiert aktivitet, jf. omtale under kap. 3642, post 03.
Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 5,5 mill. kroner.
Kap. 648 Arbeidsretten, Riksmeklaren mv.
Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast, kan nyttast under post 01
Løyvinga er på 1,6 mill. kroner.
Prognosen for posten tilseier ei venta mindreutgift.
Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 0,6 mill. kroner.
Kap. 660 Krigspensjon
Post 70 Tilskott, militære, overslagsløyving
Løyvinga for 2019 er 58 mill. kroner.
Anslaget på posten er redusert med 1 mill. kroner som følge av redusert anslag for gjennomsnittleg tal på mottakarar og gjennomsnittleg stønad.
Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 1 mill. kroner.
Post 71 Tilskott, sivile, overslagsløyving
Løyvinga for 2019 er 160 mill. kroner
Anslaget på posten er auka med 3 mill. kroner hovudsakleg som følge av at talet på mottakarar ser ut til å bli høgare enn lagt til grunn i vedtatt budsjett
Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å auke løyvinga med 3 mill. kroner.
Kap. 664 Pensjonstrygda for sjømenn
Post 70 Tilskott
Løyvinga for 2019 er på 39 mill. kroner.
Anslaget for tilskott for ytingane som blir dekte av statstilskottet etter trygdelova for pensjon for sjømenn § 15 er oppjustert med 1 mill. kronar, som følge av auke i anslag for gjennomsnittleg yting.
Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å auke løyvinga med 1 mill. kroner.
Kap. 666 Avtalefesta pensjon (AFP)
Post 70 Tilskott, overslagsløyving
Løyvinga for 2019 er 2 480 mill. kroner
Anslaget på posten er auka med 10 mill. kroner, hovudsakeleg som følge av justerte anslag for gjennomsnittleg stønad.
Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å auke løyvinga med 10 mill. kroner.
Kap. 667 Supplerande stønad til personar over 67 år
Post 70 Tilskott, overslagsløyving
Løyvinga for 2019 er på 330 mill. kroner.
Anslaget på posten er redusert med 10 mill. kroner som følge av justerte anslag for gjennomsnittleg tal på mottakarar og gjennomsnittleg stønad.
Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 10 mill. kroner.
Kap. 2470 Statens pensjonskasse
Post 24 Driftsresultat
Løyvinga for 2019 er -17,4 mill. kroner.
Arbeids- og sosialdepartementet foreslår følgande endringar som i sum ikkje endrar løyvinga på post 24 Driftsresultat:
Underpost 24.1 Driftsinntekter, overslagsløyving
Arbeids- og sosialdepartementet foreslår ein auke i driftsinntektene med 5 mill. kroner til 657,7 mill. kroner mot tilsvarande auke av underpost 24.6 Til reguleringsfond.
Underpost 24.6 Til reguleringsfond
Arbeids- og sosialdepartementet foreslår ein auke i avsetting til reguleringsfondet med 5 mill. kroner, jf. omtale ovanfor.
Kap. 2541 Dagpengar
Post 70 Dagpengar, overslagsløyving
Løyvinga for 2019 er 9 200 mill. kroner.
Gjennomsnittleg utbetaling per dagpengemottakar i 2019 ligg an til å bli lågare enn tidlegare anslått, mens talet på dagpengemottakarar ligg an til å bli noko høgare. Totalt sett fører det med seg at løyvinga for 2019 bereknast til 9 040 mill. kroner.
Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 160 mill. kroner.
Kap. 5705 Refusjon av dagpengar
Post 70 Refusjon av dagpengar, statsgaranti ved konkurs
Løyvinga for 2019 er 13 mill. kroner.
Refusjon av dagpengar, statsgaranti ved konkurs blir berekna til 23 mill. kroner i 2019.
Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å auke løyvinga med 10 mill. kroner.
Kap. 2542 Statsgaranti for lønnskrav ved konkurs mv.
Post 70 Statsgaranti for lønnskrav ved konkurs mv., overslagsløyving
Løyvinga for 2019 er på 845 mill. kroner.
Talet på saker inn til garantiordninga har auka med 2,2 pst. så langt i år. Auka inngang av saker i 2018 bidreg også til å gje eit høgt saksnivå i ordninga. Utgiftene i 2019 blir berekna til 945 mill. kroner.
Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å auke løyvinga med 100 mill. kroner.
Kap. 5704 Statsgaranti for lønnskrav ved konkurs
Post 70 Dividende
Løyvinga for 2019 er på 200 mill. kroner.
Inntektene for 2019 ligg an til å bli 175 mill. kroner.
Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 25 mill. kroner.
Kap. 2620 Stønad til einsleg mor eller far
Post 72 Stønad til barnetilsyn til einsleg mor eller far i arbeid, overslagsløyving
Løyvinga for 2019 er 147 mill. kroner.
Anslaget på posten er redusert med 15 mill. kroner som følge av justert anslag for gjennomsnittleg tal på mottakarar.
Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 15 mill. kroner.
Post 73 Tilleggsstønader og stønad til skolepengar, overslagsløyving
Løyvinga for 2019 er 72 mill. kroner.
Anslaget på posten er redusert med 7 mill. kroner som følge av justert anslag for gjennomsnittleg tal på mottakarar.
Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 7 mill. kroner.
Post 76 Bidragsforskott
Løyvinga for 2019 er 720 mill. kroner.
Anslaget på posten er redusert med 5 mill. kroner som følge av justerte anslag for gjennomsnittleg tal på mottakarar og gjennomsnittleg stønad.
Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 5 mill. kroner.
Kap. 2650 Sjukepengar
Post 70 Sjukepengar for arbeidstakarar mv., overslagsløyving
Løyvinga for 2019 er 37 300 mill. kroner.
I Prop. 114 S (2018–2019) er det lagt til grunn ein nullvekst i det trygdefinansierte sjukefråveret frå 2018 til 2019. Arbeids- og velferdsdirektoratet sin statistikk over sjukefråveret og rekneskapen til og med september 2019, tilseier no ein auke i det trygdefinansierte sjukefråveret frå 2018 til 2019 på 0,5 pst. Vidare blir anslaget for forventa vekst i sjukepengegrunnlaget oppretthalde på 3,2 pst. Anslaget for forventa sysselsettingsvekst er oppjustert frå 1,4 til 1,6 pst. Samla sett inneber dette høgare sjukepengeutbetalingar i 2019 enn det ein rekna med tidlegare i år.
Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å auke løyvinga med 260 mill. kroner.
Post 71 Sjukepengar for sjølvstendige, overslagsløyving
Løyvinga for 2019 er 1 380 mill. kroner.
I Prop. 114 S (2018–2019) er det lagt til grunn ein reduksjon i det trygdefinansierte sjukefråveret for sjølvstendige frå 2018 til 2019 på 6 pst. Arbeids- og velferdsdirektoratet sin statistikk over sjukefråveret og rekneskapen til og med september 2019 tilseier no ein reduksjon i det trygdefinansierte sjukefråveret frå 2018 til 2019 på 5,0 pst. Vidare er anslaget for forventa vekst i sjukepengegrunnlaget redusert frå ein vekst på 4,0 pst. til ein vekst på 3,7 pst. Anslaget for forventa sysselsettingsvekst er oppjustert frå 1,4 til 1,6 pst. Samla sett inneber dette høgare sjukepengeutbetalingar i 2019 enn det ein rekna med tidlegare i år.
Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å auke løyvinga med 10 mill. kroner.
Post 72 Pleie-, opplærings- og omsorgspengar mv., overslagsløyving
Løyvinga for 2019 er 946,5 mill. kroner.
Det er no venta noko lågare volumsvekst i 2019 enn det som blei lagt til grunn for løyvinga.
Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 51,5 mill. kroner.
Post 76 Tilskott til ekspertbistand og kompetansetiltak for sjukmelde, kan overførast
Løyvinga for 2019 er 102 mill. kroner.
Midlane under denne posten blei løyvde som følge av ny IA-avtale for åra 2019–2022 i samband med behandlinga av Prop. 48 S (2018–2019). I avtalen blei partane mellom anna einige om å etablere eit forsøk med kompetansetiltak for langtidssjukmelde som på grunn av sjukdom eller skade ikkje kan komme tilbake til sin tidlegare arbeidsgivar. Det er løyvd 53,5 mill. kroner til kompetansetiltaket under denne posten.
Det vil bli starta opp eit forprosjekt hausten 2019 som mellom anna skal gi kunnskap om målgruppa, men sjølve forsøket vil ikkje starte opp før i 2020. Derfor vil det ikkje vere utgifter knytt til kompetansetiltaket under denne posten i 2019.
Oppstart av forsøket med kompetansetiltak i 2020 medfører også mindre behov for personellressursar i Arbeids- og velferdsetaten i 2019, jf. omtale under kap. 605, post 01.
Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 53,5 mill. kroner.
Kap. 2651 Arbeidsavklaringspengar
Post 71 Tilleggsstønad, overslagsløyving
Løyvinga for 2019 er 182 mill. kroner.
Tilgjengeleg informasjon tilseier at utgiftene i 2019 blir noko lågare enn tidlegare venta.
Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 10 mill. kroner.
Post 72 Legeerklæringar
Løyvinga for 2019 er 390 mill. kroner.
Tilgjengeleg informasjon tilseier at utgiftene i 2019 blir noko lågare enn tidlegare venta.
Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 5 mill. kroner
Kap. 2655 Uføre
Post 70 Uføretrygd, overslagsløyving
Løyvinga for 2019 er 94 490 mill. kroner.
I Prop. 114 S (2018–2019) var det lagt til grunn eit gjennomsnittleg tal for mottakarar av uføretrygd i 2019 på om lag 346 300. Anslaget er no at gjennomsnittleg tal for mottakarar i 2019 blir om lag 346 600, dvs. ein auke på om lag 300. Auken i anslaget for gjennomsnittleg tal for mottakarar bidrar isolert sett til ein auke i utgiftsanslaget på om lag 100 mill. kroner. Samstundes har utgiftsanslaget auka med om lag 200 mill. kroner som følge av at gjennomsnittleg yting er høgare enn det som var lagt til grunn i Prop. 114 S (2018–2019). Dette bidrar til saman til ein auke på 300 mill. kroner.
Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å auke løyvinga med 300 mill. kroner.
Post 75 Menerstatning ved yrkesskade, overslagsløyving
Løyvinga for 2019 er 70 mill. kroner.
På grunn av utviklinga så langt i år ser utgiftene ut til å bli 2 mill. kroner lågare enn berekna.
Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 2 mill. kroner.
Post 76 Yrkesskadetrygd gml. lovgiving, overslagsløyving
Løyvinga for 2019 er 40 mill. kroner.
På grunn av utviklinga så langt i år ser utgiftene ut til å bli 3 mill. kroner høgare enn berekna.
Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å auke løyvinga med 3 mill. kroner.
Kap. 2661 Grunn- og hjelpestønad, hjelpemiddel mv.
Post 70 Grunnstønad, overslagsløyving
Løyvinga for 2019 er 1 740 mill. kroner.
Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 20 mill. kroner.
Post 71 Hjelpestønad, overslagsløyving
Løyvinga for 2019 er 1 540 mill. kroner.
Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å auke løyvinga med 10 mill. kroner.
Post 72 Stønad til servicehund
Løyvinga er 5,1 mill. kroner. Som følge av at leverandørane av servicehundar ikkje er i stand til å levere alle hundane som avtala, er det venta at utgiftene i 2019 blir om lag 4,5 mill. kroner.
Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 0,6 mill. kroner.
Post 73 Hjelpemiddel mv. under arbeid og utdanning
Løyvinga for 2019 er 126 mill. kroner.
Det er no venta noko høgare volumsvekst i 2019 enn det som blei lagt til grunn for løyvinga.
Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å auke løyvinga med 3 mill. kroner.
Post 75 Betring av funksjonsevna, hjelpemiddel
Løyvinga for 2019 er 3 340 mill. kroner.
Det er no venta noko høgare volumsvekst i 2019 enn det som blei lagt til grunn for løyvinga.
Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å auke løyvinga med 130 mill. kroner.
Post 76 Betring av funksjonsevna, hjelpemiddel som tenester
Løyvinga for 2019 er 310 mill. kroner.
Det er no venta noko lågare volumsvekst i 2019 enn det som blei lagt til grunn for løyvinga.
Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 5 mill. kroner.
Post 77 Ortopediske hjelpemiddel
Løyvinga for 2019 er 1 570 mill. kroner.
Det er no venta noko høgare volumsvekst i 2019 enn det som blei lagt til grunn for løyvinga.
Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å auke løyvinga med 30 mill. kroner.
Post 78 Høyreapparat
Løyvinga for 2019 er 710 mill. kroner.
Det er no venta noko høgare volumsvekst i 2019 enn det som blei lagt til grunn for løyvinga.
Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å auke løyvinga med 20 mill. kroner.
Post 79 Aktivitetshjelpemiddel for personar over 26 år
Løyvinga for 2019 er 65,5 mill. kroner.
Løyvinga er rammestyrt. Dette inneber at Arbeids- og velferdsetaten kan stanse å tildele aktivitetshjelpemiddel når løyvinga er brukt opp, sjølv om vilkåret for å få tildelt aktivitetshjelpemiddel er til stades. Det same er tilfellet for dekning av utgifter til reperasjonar, service og reservedelar. I juni 2019 blei det derfor stans i å tildele aktivitetshjelpemiddel og dekning av utgifter til reparasjonar, service og reservedelar. Dersom det igjen skal dekkast utgifter til reparasjonar, service og reservedelar, vil dette innebere behov for ei tilleggsløyving i 2019 på om lag 0,6 mill. kroner.
Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å auke løyvinga med 0,6 mill. kroner.
Kap. 2670 Alderdom
Post 71 Tilleggspensjon, overslagsløyving
Løyvinga for 2019 er 147 500 mill. kroner.
Anslaget på posten er auka med 90 mill. kroner som følge av justerte anslag for gjennomsnittleg tal på mottakarar og gjennomsnittleg stønad.
Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å auke løyvinga med 90 mill. kroner.
Post 72 Inntektspensjon, overslagsløyving
Løyvinga for 2019 er 2 740 mill. kroner.
Anslaget på posten er redusert med 150 mill. kroner som følge av redusert anslag for gjennomsnittleg tal på mottakarar og gjennomsnittleg stønad.
Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 150 mill. kroner.
Post 73 Særtillegg, pensjonstillegg mv., overslagsløyving
Løyvinga for 2019 er 6 180 mill. kroner.
Anslaget på posten er auka med 10 mill. kroner som følge av justerte anslag for gjennomsnittleg tal på mottakarar og gjennomsnittleg stønad.
Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å auke løyvinga med 10 mill. kroner.
Kap. 2680 Etterlatne
Post 70 Grunnpensjon, overslagsløyving
Løyvinga for 2019 er 1 090 mill. kroner.
Anslaget på posten er auka med 15 mill. kroner som følge av auka anslag for gjennomsnittleg tal på mottakarar og gjennomsnittleg stønad.
Arbeids- og sosialdepartementet foreslår auke løyvinga med 15 mill. kroner.
Post 71 Tilleggspensjon, overslagsløyving
Løyvinga for 2019 er 810 mill. kroner.
Anslaget på posten er auka med 15 mill. kroner som følge av auka anslag for gjennomsnittleg tal på mottakarar og gjennomsnittleg stønad.
Arbeids- og sosialdepartementet foreslår auke løyvinga med 15 mill. kroner.
Post 74 Utdanningsstønad
Løyvinga for 2019 er 0,3 mill. kroner.
Utgiftene på denne posten varierer og er derfor vanskelege å anslå. På grunn av utviklinga så langt i år er anslaget på posten justert ned med 0,1 mill. kroner i 2019.
Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 0,1 mill. kroner.
Kap. 2686 Stønad ved gravferd
Post 70 Stønad ved gravferd, overslagsløyving
Løyvinga for 2019 er 205 mill. kroner.
Anslaget på posten er auka med 5 mill. kroner som følge av justerte anslag for gjennomsnittleg tal på mottakarar og gjennomsnittleg stønad.
Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å auke løyvinga med 5 mill. kroner.
Kap. 5701 Diverse inntekter
Post 71 Refusjon ved yrkesskade
Løyvinga for 2019 er på 774,5 mill. kroner.
Innbetalingar av refusjon av oppgjer frå forsikringsnæringa til og med skadeårgang 2018 og så langt i 2019 er på 770,5 mill. kroner. Det er ikkje forventa ytterlegare innbetalingar for resten av året.
Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 4 mill. kroner.
Post 73 Refusjon frå bidragspliktige
Løyvinga for 2019 er 235 mill. kroner.
Ein må sjå inntektene på posten i samanheng med utgiftene til bidragsforskott på kap. 2620 post 76. På grunn av utviklinga så langt i år reknar ein med at inntektene blir litt lågare enn tidlegare venta.
Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 20 mill. kroner.
Post 80 Renter
Løyvinga for 2019 er 1,7 mill. kroner.
Mellom anna på grunn av utviklinga så langt i år er inntektene for året samla venta å bli 0,7 mill. kroner.
Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å redusere løyvinga på posten med 1 mill. kroner.
Post 86 Innkrevjing feilutbetalingar
Løyvinga for 2019 er 1 205 mill. kroner.
Inntektene på posten er venta å bli 1 253 mill. kroner i 2019, 48 mill. kroner høgare enn løyvinga. Auken i inntektsanslaget kjem i hovudsak av at dei forventa inntektene knytt til «uføre etteroppgjer» har auka. I tillegg tek NAV økonomiteneste og NAV økonomi imot pensjon nettokrav til innkrevjing som dei posterer på posten.
Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å auke løyvinga på posten med 48 mill. kroner.
Post 87 Diverse inntekter
Løyvinga for 2019 er 19,2 mill. kroner.
Inntektene på posten er venta å bli 18 mill. kroner i 2019, 1,2 mill. kroner lågare enn løyvinga. Lågare inntektsanslaget skuldast i hovudsak at det er venta færre saker som medfører gebyr eller tvangsmulkt. Vidare er det venta lågare inntekter frå tolketenester på stønadsområdet.
Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å redusere løyvinga på posten med 1,2 mill. kroner.
Post 88 Hjelpemiddelsentralar mv.
Løyvinga for 2019 er 68 mill. kroner.
Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å auke løyvinga med 7 mill. kroner.