8 Grunnrenteskatt på landbasert vindkraft
I Hurdalsplattforma er regjeringa tydeleg på at lokalsamfunn og fellesskapet bør få ein rettvis del av verdiane som vert skapt ved utnytting av fellesskapets naturressursar. I Prop. 1 LS (2022–2023) vart det varsla at regjeringa ville sende på høyring eit framlegg om grunnrenteskatt på landbasert vindkraft.
Regjeringa sende framlegg om grunnrenteskatt på landbasert vindkraft på høyring 16. desember 2022. Frist for å kome med høyringsfråsegn var 15. mars 2023. Høyringsframlegget la opp til ikraftsetjing frå 2023, med siktemål om eit lovframlegg for Stortinget vårsesjonen 2023. Verknadstidspunktet skulle likevel vurderast nærare, mellom anna i lys av høyringsfråsegna. Det kom inn om lag 140 høyringsfråsegn.
Departementet arbeider no med lovframlegg. I lys av mellom anna innspel frå høyringa og tidsomsyn, tek regjeringa sikte på å foreslå grunnrenteskatt på landbasert vindkraft for Stortinget haustsesjonen 2023, med verknad frå og med inntektsåret 2024.
Utsetjinga påverkar ikkje den vedteke aukinga frå 1 til 2 øre/kWh i produksjonsavgifta på landbasert vindkraft for 2023.