Del 3
Omtale av særlege tema
6 Samfunnssikkerheit og beredskap
Regjeringa arbeider heilskapleg og systematisk med samfunnssikkerheit. Føringane som er gitt i Meld. St. 5 (2020–2021) Samfunnssikkerhet i en usikker verden, Meld. St. 28 (2020–2021) Vår felles digitale grunnmur – Mobil-, bredbånds- og internettjenester, Meld. St. 10 (2016–2017) Risiko i et trygt samfunn – Samfunnssikkerhet, Meld. St. 38 (2016–2017) IKT-sikkerhet – Et felles ansvar, Meld. St. 27 (2015–2016) Digital agenda for Norge – IKT for en enklere hverdag og økt produktivitet, Meld. St. 21 (2012–2013) Terrorberedskap og Meld. St. 29 (2011–2012) Samfunnssikkerhet og Instruks for departementenes arbeid med samfunnssikkerhet, er utgangspunktet for Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet sitt arbeid med samfunnssikkerheit. Hovudmålet er:
-
Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet sitt arbeid med samfunnssikkerheit styrkjer evna til å førebygge og handtere alvorlege hendingar innanfor departementet sitt ansvarsområde.
Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet prioriterer arbeidet med å halde ved like og utvikle evna til å handtere kriser i eiga verksemd og i sektorane. I tillegg prioriterer departementet:
-
å identifisere og redusere sårbarheiter, handtere hendingar og sørgje for tilstrekkeleg beredskap.
-
å lære av øvingar og hendingar, kontinuitetsplanlegging og oppfølging av tilsyn.
-
å styrkje samordninga internt i departementet, med verksemder i sektorane og med andre departement.
-
å vidareutvikle arbeidet med grunnleggande nasjonale funksjonar (GNF-ar).
Departementet har eit mangfaldig og komplekst sektoransvar. Under gir vi ei nærare omtale av ansvarsområde som har særleg betyding for samfunnssikkerheit, og av mål, prioriteringar og tiltak.
Elektronisk kommunikasjon (ekom)
Elektroniske kommunikasjonsnett, mellom anna mobil- og breibandnett, utgjer saman med datasenter og elektroniske kommunikasjonstenester ein digital grunnmur for det norske samfunnet. Denne infrastrukturen som ber digitale tenester er i dag avgjerande for det norske samfunnet, og stadig fleire kritiske tenester blir digitalisert. Elektronisk kommunikasjon er definert som ein kritisk samfunnsfunksjon. Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet og Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit forvaltar og utviklar ekompolitikken. Det overordna målet for området er eit likeverdig tilbod av sikre elektroniske kommunikasjonstenester av høg kvalitet og til rimelege prisar over heile landet.
I samarbeid med Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit og tilbydarane, arbeider departementet med å identifisere og redusere sårbarheiter, handtere hendingar og sørgje for tilstrekkeleg beredskap. Regjeringa har lagt fram forslag til ny ekomlov i Prop. 93 LS (2023–2024) Lov om elektronisk kommunikasjon (ekomloven) og samtykke til godkjenning av EØS-komiteens beslutninger nr. 274/2021, 275/2021, 276/2021 og 277/2021 om innlemmelse i EØS-avtalen av forordningene (EU) 2018/1971, (EU) 2019/2243 og (EU) 2020/1070 og direktiv (EU) 2018/1972. Lovforslaget legg mellom anna til rette for ei ytterlegare styrking av sikkerheita og robustheita i nett og tenester, og regulerer datasenternæringa for første gang. Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet og Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit følgjer opp sikkerheit og beredskap både etter ekomlova og sikkerheitslova, mellom anna gjennom tilsyn, pålegg og rettleiing. Vidare støttar regjeringa opp om auka sikkerheit og beredskap i nett og tenester gjennom fleire tiltak over statsbudsjettet:
-
Forsterka ekom blir innført for fleire sårbare kommunar. Mellom anna blir mobilnetta styrkt med tre døgns reservestraum som førebygger mot utfall ved langvarige straumbrot. Styrkinga gjeld for alle tre mobilnetta (Ice, Telenor og Telia).
-
Infrastrukturen i sårbare regionar blir styrka, basert på omfattande, grundige og systematiske risiko- og sårbarheitsanalysar frå Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit.
-
Tilskot knytt til Nødvarsel over mobilnetta og fortifikatorisk sikring for ekomnett.
Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit er ei utøvande tilsyns- og forvaltningsmyndigheit underlagt Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet. Vidareføring og vidareutvikling av tilsyn er eit sentralt verkemiddel i samfunnssikkerheitsarbeidet. Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit bidrar gjennom det digitale responsmiljøet for ekomsektoren, EkomCERT, til auka samfunnssikkerheit og beredskap. EkomCERT innhentar, samanstiller og analyserer sikkerheitsrelatert informasjon, koordinerer og handterer cyberhendingar og utarbeider situasjonsbilete. I 2024 har departementet halde fram arbeidet med Strategisk sikkerheitsforum for elektronisk kommunikasjon, ein samarbeidsarena for diskusjon og erfaringsutveksling mellom myndigheiter og tilbydarar på strategisk nivå. Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit inviterer utvalde ekomtilbydarar og Nasjonalt tryggingsorgan (NSM), Politiets tryggingsteneste (PST) og Etterretningstenesta til regelmessige møter i Ekomsikkerheitsforum. Her utvekslast mellom anna informasjon på eit operativt nivå slik at tilbydarane har eit godt grunnlag for å vareta ansvaret for forsvarleg sikkerheit og beredskap i nett og tenester.
Departementet har identifisert enkelte funksjonar innanfor ekomsektoren som grunnleggande nasjonale funksjonar (GNF-ar) etter sikkerheitslova, fordi eit heilt eller delvis bortfall av desse funksjonane vil påverke staten si evne til å ta vare på nasjonale tryggingsinteresser. Det er identifisert tre GNF-ar innanfor elektronisk kommunikasjon: Evne til å vareta talekommunikasjonstenester basert på norsk nummerplan, evne til å vareta tekstbaserte meldingstenester basert på norsk nummerplan og evne til å vareta grunnleggande internett-tilgang. Evna til å halde ved lag elektroniske kommunikasjonstenester omfattar å sikre tilgjengelegheit, integritet og konfidensialitet. I tillegg er det identifisert ein førebels GNF innanfor datasentertenester: Evne til å vareta datalagring og prosesseringskapasitet i Norge. Departementet har tett dialog med Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit i arbeidet med den endelege utforminga og fastsettinga av GNF for datasentertenester. Dei fleste digitale tenester køyrast ved hjelp av datasenter, slik at datasentertenester er sentrale for digital innovasjon og utvikling både i det offentlege og i næringslivet.
Departementet har ved vedtak underlagt ei rekke verksemder sikkerheitslova. For ekomsektoren er departementet godt i gang med utpeiking av skjermingsverdige objekt og infrastrukturar, og klassifisering av desse. Implementering og vidare oppfølging av sikkerheitslova er eit kontinuerleg arbeid, som blir gjort i nært samarbeid mellom tilbydarane som er underlagd lova, departementet og Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit. Departementet vurderer jamleg om nye verksemder skal underleggast lova. Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit er tilsynsorgan for ekomsektoren etter sikkerheitslova og har inngått ei samarbeidsavtale med NSM.
Satellittbasert kommunikasjon
Satellittbasert navigasjon og kommunikasjon er definert som ein kritisk samfunnsfunksjon. Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet har ansvar for kommunikasjonsdelen, medan Nærings- og fiskeridepartementet har ansvar for det som omfattar navigasjon. Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet forvaltar regelverk for satellittbaserte kommunikasjonstenester, mellom anna ekomlova, satellittinnmeldingsforskrifta, fribruksforskrifta og dei såkalla jordstasjonsforskriftene. I tillegg deltar departementet i Romutvalet og Romsikkerheitsutvalet nedsett av Nærings- og fiskeridepartementet, som er ansvarleg for norsk rompolitikk og som jobbar med å få på plass ei ny romlov. Den nye romlova vil gi ei ny og utvida regulering av dette feltet.
Satellittbasert kommunikasjon er identifisert som ein GNF i samsvar med sikkerheitslova. Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit har på oppdrag frå Digitalisering- og forvaltningsdepartementet levert ei innstilling til departementet om korleis denne GNF-en bør følgjast nærare opp. Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit har identifisert viktigheita av satellittbasert kommunikasjon og konkretisert innhaldet i GNF-en, inkludert kva for aktørar som bør vurderast underlagt lova og aktuelle objekt og infrastrukturar som bør vurderast utpeikt som skjermingsverdige. Departementet vil fatte dei nødvendige vedtaka med heimel i sikkerheitslova overfor verksemder som har avgjerande betyding for satellittbasert kommunikasjon.
Satellittområdet er prega av omfattande internasjonal verksemd. Samstundes skjer det endringar på området, med lågbanesatellittar som i aukande grad kan utgjere eit alternativ til og konkurrere med landbasert elektronisk kommunikasjon. Arbeidet med samfunnssikkerheit for satellittbasert kommunikasjon må derfor sjåast i samanheng med arbeidet med elektronisk kommunikasjon.
Digitale fellesløysingar
Nasjonale digitale fellesløysingar er byggeklossar som blir brukte i eit felles økosystem for nasjonal digital samhandling og tenesteutvikling. Fleire av fellesløysingane og systema som bruker dei, er viktige for at samfunnet skal fungere og er knytte til den kritiske samfunnsfunksjonen digital sikkerheit i sivil sektor. Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet har etatsstyringsansvar for Digitaliseringsdirektoratet, som forvaltar ei rekke fellesløysingar, mellom anna ID-porten og Altinn. Det overordna målet for området er:
-
Offentleg sektor har sikre, stabile og tilgjengelege digitale fellesløysingar.
Sentrale tiltak er å modernisere den digitale grunnmuren. Dette vil mellom anna redusere risiko og sårbarheit i digitale fellesløysingar som Digitaliseringsdirektoratet har ansvar for å drifte og forvalte. Modernisert teknologi bidrar til auka sikkerheit og stabilitet, men det er òg viktig at drift, sikring og forvaltning i direktoratet er rusta for vekst og førebygging av digitale angrep. Regjeringa foreslår derfor ein auke på 40 mill. kroner til direktoratet sitt arbeid med dette.
Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet har utover dette eit koordineringsansvar for alle dei nasjonale fellesløysingane. Ansvaret for drifta av andre offentlege fellesløysingar er fordelt på mange aktørar, og styringa av dei statlege løysingane følgjer sektoransvaret og linjestyringa.
For å få til betre samhandling har etatane som hadde ansvar for fellesløysingane i 2023 etablert eit eige beredskapsforum for offentlege fellesløysingar. Hensikta med forumet er koordinering av beredskapsplanlegging og prosessar knytte til hendingar innanfor dei samfunnskritiske fellesløysingane for offentleg sektor. Koordineringsutvalet varetar behovet for sektorvis responsmiljø (SRM) på minimumsnivå, og verksemdene held samstundes fram med å ha fast kontakt med NSM/Nasjonalt cybertryggingssenter.
Informasjonssikkerheit i forvaltninga
Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet har eit samordningsansvar for arbeidet med ei styrkt og meir heilskapleg tilnærming til informasjonssikkerheit i forvaltninga. Digitalisering av forvaltninga gir nye moglegheiter og fremjar effektivitet, men skapar òg nye bindingar og sårbarheiter. Styrkt kompetanse og systematisk arbeid med informasjonssikkerheit er viktig for å motverke dei digitale sårbarheitene. Vidare utvikling av kompetanse- og rettleiingsmateriell er prioriterte tiltak i dette arbeidet, i tillegg til arbeidet med å auke frekvensen av øvingar innan IKT-sikkerheit i verksemdene. Departementet prioriterer å vidareføre Nettverk for informasjonssikkerheit (NIFS), som blir forvalta av Digitaliseringsdirektoratet.
For å styrkje informasjonssikkerheita i kommunane er det etablert eit eige sektorvis responsmiljø for kommunesektoren – KommuneCERT. KS er tildelt midlar til å gjennomføre tiltak som skal styrkje informasjonssikkerheita i kommunane.
IKT-tenester for departementa
Departementa har ei viktig rolle i den nasjonale handteringa av kriser og uønskte hendingar. Dei er derfor ein del av den kritiske samfunnsfunksjonen, styring og kriseleiing. Departementa si verksemd, handlefridom og avgjerdsdyktigheit er òg peika ut som ein grunnleggande nasjonal funksjon etter sikkerheitslova. For å vareta sin funksjon, er departementa avhengige av ein del understøttande funksjoner, mellom anna IKT. Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet har ansvaret for å sikre at departementa får sikre og effektive digitale fellestenester med riktig kvalitet.
Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet prioriterer leveranse av digitale fellestenester som IKT og sak- og arkivsystem til departementa. Departementet vil kontinuerleg forbetre sikkerheita og robustheita i IKT-systema. Gjennom Program for felles IKT-tenester jobbar Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet og Forsvarsdepartementet med å etablere ei felles funksjonell, sikker, kostnadseffektiv og moderne IKT-løysing for behandling og deling av digital informasjon internt og eksternt.
Statsforvaltarens fellestenester
Statsforvaltarens fellestenester leverer fellestenester som støttar opp om statsforvaltaren si verksemd, og skal legge til rette for at statsforvaltaren kan utøve samordningsrolla si i kriser.
Den teknologiske utviklinga og trusselbiletet krev stadig meir av Statsforvaltarens fellestenester. Som ansvarleg for å levere stabile tenester og sikre store mengder samfunnskritisk informasjon må Statsforvaltarens fellestenester halde følgje med denne utviklinga. Ny teknologi skapar nye behov og moglegheiter for samhandling og saksbehandling, samstundes som cyberangrep òg blir meir sofistikerte. Statsforvaltarens fellestenester må ha kompetanse både til å utnytte potensialet i ny teknologi, og til å avverje og handtere uønskte hendingar.
Objekt- og infrastruktursikkerheit for departementsbygningane
Departementa treng sikre og funksjonelle arbeidslokale for å vareta sin kritiske samfunnsfunksjon og grunnleggande nasjonale funksjon. Departementsbygningane er derfor skadevurdert, klassifisert og meldt inn til NSM som skjermingsverdige objekt etter sikkerheitslova § 7-1.
Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet har ansvaret for arbeidet med førebyggande objekt- og infrastruktursikkerheit knytt til felles bygningsmasse, fellesområde og uteområde i regjeringskvartalet og i departementsbygningar utanfor regjeringskvartalet. Ansvaret gjeld ikkje lokala til Statsministerens kontor og Forsvarsdepartementet på Akershus festning. Departementet sitt ansvar for objekt- og infrastruktursikkerheit for departementsbygningane er avgrensa til felles grunnsikring, og nødvendig samordning og instruksutvikling for å vareta felles grunnsikring, jf. Instruks for arbeidet med forebyggende objekt- og infrastruktursikkerhet for departementsbygningene. Departementet legg til grunn ei risikobasert tilnærming når det gjeld vurdering og utforming av sikkerheitstiltaka for felles grunnsikring. Det overordna målet er forsvarleg sikkerheitsnivå for skjermingsverdige objekt og infrastruktur i eller tilhøyrande departementsfellesskapet.
7 Omtale av klima- og miljøpolitikk
Regjeringa sin klima- og miljøpolitikk bygger på at alle samfunnssektorar har eit sjølvstendig ansvar for å legge miljøomsyn til grunn for aktivitetane sine og for å medverke til at ein kan nå dei nasjonale klima- og miljømåla. For ei oversikt over regjeringas viktigaste klima- og miljøtiltak, sjå del III av Klima- og miljødepartementets fagproposisjon.
Digitalisering for ei grøn omstilling
Digital teknologi og digitale løysingar er nødvendige for å nå regjeringas klimamål, og digitalisering er derfor ein viktig del av den grøne omstillinga. Den grøne og digitale omstillinga inneber mellom anna ein overgang til ein meir sirkulær økonomi med lågare ressursforbruk og auka berekraft i alle deler av økonomien.
Digitalisering er eit viktig bidrag til omstillinga til ein meir sirkulær økonomi, med eit meir ressurseffektivt og berekraftig produksjons- og forbruksmønster. Digitalisering og bruk av ny teknologi, mellom anna betre utnytting av data, vil vere heilt sentralt for å nå målet om eit klimanøytralt Europa innan 2050. Samstundes er det eit dilemma at IT-utstyr, datasentre og digitale nettverk allereie står for rundt 10 pst. av det globale energiforbruket, og at produksjon av energi er den største kjelda til utslepp globalt. Digitalisering og kunstig intelligens er energikrevjande, men har òg eit potensial til å spele ei viktig rolle i det grøne skiftet. Regjeringa vil legge vekt på utvikling og bruk av mest mogleg klimavenleg kunstig intelligens. Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet arbeider med å legge til rette for at Noreg kan oppnå sine klimamål gjennom målretta digitalisering.
Bygge- og eigedomspolitikk i statleg sivil sektor
Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet har ansvaret for bygge- og eigedomspolitikken i statleg sivil sektor. I 2021 vart strategien Ei berekraftig, kostnadseffektiv og samordna bygg- og eigedomsforvaltning lagt fram. Strategien inneheld fire ambisjonar om klima, miljø og energi, og den peikar på tiltak som vil bidra til å nå ambisjonane. Departementet held fram med oppfølginga av strategien.
Staten er ein stor eigedomsaktør. Statsbygg er staten sitt sentrale kompetansemiljø i sivil sektor. Dei forvaltar ein stor del av den statlege eigedomsmassen og sørgjer for ei berekraftig og effektiv forvaltning av eigedomane. I byggeprosjekt og leigesaker gir dei råd til oppdragsdepartement og statlege verksemder med behov for lokale. I byggeprosjekta gir Statsbygg råd om mellom anna lokalisering, energiløysing, miljøambisjon, ombruk av byggematerialar og arealeffektivitet.
I åtte av tolv ferdigstilte byggeprosjekt og prosjekt under gjennomføring i 2023 var klimagassutsleppa lågare enn 5 kg CO2-ekvivalentar per kvadratmeter per år. Statsbygg signerte for første gong kontrakt om utsleppsfri byggeplass ved Tønsberg tinghus.
I eigedomsforvaltninga er det mykje merksemd om energieffektivitet. I 2023 gjennomførte Statsbygg tiltak som gjer at det forventa energiforbruket er redusert med 10–12 GWh per år. Nye solcelleanlegg er i tillegg estimert å produsere 1–1,5 GWh per år.
Samanlikna med 2020-nivå har klimagassutsleppa frå Statsbygg blitt reduserte med 11,7 pst. per 2023.
22 avtaler om leige av lokale i marknaden vart inngått med rådgiving frå Statsbygg i 2023. Samanlikna med tidlegare lokale vart arealforbruket per tilsett redusert med 46 pst. Mindre areal, meir energieffektive lokale og ei lokalisering nær kollektivtransport ga 61 pst. lågare klimafotavtrykk.
8 Oppfølging av berekraftsmåla i Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet
Berekraftsmåla vart vedtatt av FNs medlemsland i 2015. Det er til saman 17 mål og 169 delmål. Måla handlar om vekst og velstand, helse og utdanning, miljø og klima, fred, sikkerheit og samarbeid. Alle land har eit ansvar for å oppfylle berekraftsmåla innan 2030. Kommunal- og distriktsdepartementet fekk ansvar for koordineringa av det nasjonale arbeidet med berekraftsmåla i 2020, og frå 2024 vart ansvaret overført til Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet. I juni 2021 vart Meld. St. 40 (2020–2021) Mål med mening – Norges handlingsplan for å nå bærekraftsmålene innen 2030 lagt fram. I juli 2021 presenterte Noreg sin andre rapport om nasjonal implementering av Agenda 2030 i FN. Regjeringa vil legge fram ei ny stortingsmelding om berekraftsarbeidet i Noreg og presentere sin tredje rapport om Agenda 2030 i FN i 2025. Kapittelet omtalar innsatsen for å nå berekraftsmåla som er finansiert over budsjettet til Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet.
Delmål 5.5) Sikre kvinner fullstendig og reell deltaking og like moglegheiter til leiande stillingar på alle nivå der det blir teke avgjerder, i det politiske, det økonomiske og det offentlege livet
Målet om å oppnå likestilling og sikre kvinnene si deltaking i det politiske, det økonomiske og det offentlege livet, kan sjåast i samanheng med verdiar og ansvar i den statlege arbeidsgivarpolitikken. I hovudtariffavtala for 2022–2024 pkt. 5.8 står det at «Partene lokalt skal arbeide aktivt, målrettet og planmessig for å fremme likestilling og mangfold og hindre diskriminering i henhold til likestillings- og diskrimineringslova. De tillitsvalgte skal involveres i arbeidet med arbeidsgivers aktivitets- og redegjørelsesplikt (ARP), herunder planlegging og oppfølging av likelønnskartleggingen».
I desember 2022 vart dei sentrale partane einige om ny hovudavtale i staten. Då vart det gjort endringar for å sikre at avtala er i tråd med likestillings- og diskrimineringslova. Mellom anna er det i kapittel 7 Personalpolitikk i virksomhetene § 31 nr. 2 bestemt at statlege verksemder skal regulere i tilpassingsavtala korleis dei skal samarbeide med tillitsvalde for å fremje likestilling og hindre diskriminering. Eit meir formalisert samarbeid mellom partane vil kunne verke positivt inn på likestillingsarbeidet i den enkelte verksemd.
Delmål 8.2) Auke den økonomiske produktiviteten gjennom diversifisering, teknologisk framgang og innovasjon, mellom anna med vekt på lønsame og arbeidsintensive sektorar
Deling av data er avgjerande for å skape eit meir berekraftig samfunn. Døme på at deling av data skapar ny næring og effektivisering, er mellom anna at verdata blir brukt til å planlegge shippingruter for å redusere energibruk og utslepp og til å planlegge gjødsling og førebygge utslepp frå landbruket. Betre flyt av energidata gjer det mogleg å redusere forbruk og kostnadar innan transport, industri og i hushaldningane.
Digitaliseringsdirektoratet har ei viktig oppgåve i å fremje deling og bruk av data, og gjennom det gjere det mogleg å skape nye verdiar, innovasjon og meir effektive og miljøvenlege løysingar på store samfunnsutfordringar. I samarbeid med andre aktørar utviklar og tilbyr Digitaliseringsdirektoratet kostnadseffektive digitale fellesløysingar til bruk i privat og offentleg sektor.
Delmål 9.1) Utvikle påliteleg, berekraftig og solid infrastruktur av høg kvalitet, inkludert regional og grensekryssande infrastruktur, for å støtte økonomisk utvikling og livskvalitet med vekt på overkomeleg pris og likeverdig tilgang for alle
Mobil- og breibandnetta i Noreg held høg kvalitet og har god sikkerheit, og det har òg vore ei forbetring av tilknytinga til utlandet gjennom fleire alternative føringsvegar. Kommersielle investeringar er hovudgrunnlaget for utbygging i Noreg, men i nokre område er det nødvendig med statlege bidrag for å sikre utbygginga eller for å styrkje sikkerheita og beredskapen.
Regjeringa foreslår òg i 2025 å bruke tilskotsmidlar til breibandutbygging, jf. omtale under programkategori 01.40. I tillegg foreslår regjeringa i 2025 å bruke midlar til å forsterke mobilnettet i sårbare kommunar og til å styrkje transportnetta med alternative føringsvegar i sårbare regionar, jf. omtale under programkategori 01.40.
Delmål 9.c) Auke tilgangen til informasjons- og kommunikasjonsteknologi vesentleg og arbeide for at dei minst utvikla landa får allmenn og rimeleg tilgang til internett innan 2020
Dei aller fleste i Noreg har god tilgang til kommunikasjonsteknologi.
Førebelse estimat frå Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit viser at 98,7 pst. av husstandane hadde tilbod om breiband på minst 100 Mbit/s per første halvår 2024. Over 99 pst. av husstandane i landet har tilbod om 5G. Sjølv om dekninga for breiband generelt sett er god i Noreg, er det enkelte som har for dårleg dekning. Derfor opprettheld regjeringa eit sterkt statleg bidrag til utbygging i område der det manglar kommersielt grunnlag.
Ny teknologi, til dømes satellitt-teknologi, gjer at det er stort potensiale for auka dekning i dei minst utvikla landa. Noreg støttar arbeidet til FN-organet Den internasjonale telekommunikasjonsunion (ITU) og satellittorganisasjonane ITSO og EUTELSAT for universell og rimeleg tilgang til informasjons- og kommunikasjonsteknologi, gjennom medlemskap i desse organa.
Digitaliseringsdirektoratet bidrar med råd om korleis det nasjonale økosystemet for digital samhandling og tenesteutvikling i forvaltninga kan bli vidareutvikla slik at det dekker viktige samfunnsbehov og legg til rette for samhandling, tenesteutvikling og innovasjon.
Delmål 10.3) Sikre like moglegheiter og redusere skilnader i levekår, mellom anna ved å avskaffe diskriminerande lover, politikk og praksis og ved å fremje lovgjeving, politikk og tiltak som er eigna til å nå dette målet
Rekrutteringsarbeidet i staten skal ha ei brei og inkluderande tilnærming. I Hurdalsplattforma er det tydeleg uttrykt at folk med nedsett funksjonsevne og helsemessige utfordringar skal møte eit arbeidsliv som er ope og inkluderande.
Fleire tiltak skal bidra til dette. Forskrift til statstilsettelova pålegg statlege verksemder å kalle inn minst ein kvalifisert søkjar med nedsett funksjonsevne, og minst ein kvalifisert søkjar med fråvær frå arbeid, utdanning eller opplæring (hol i CV-en) til intervju. Etter forskrifta er det høve, men ikkje plikt, til å tilsetje ein søkjar med funksjonsnedsetjing eller hol i CV-en dersom vedkomande er nær like godt kvalifisert som den best kvalifiserte søkjaren (moderat kvotering). Etter forskrifta er det gitt høve til å tilsetje personar med nedsett funksjonsevne eller hol i CV-en, og som har førebels lønstilskot, i inntil to år utan offentleg utlysing. Staten har eit eige traineeprogram for personar med funksjonsnedsetjing og hol i CV-en.
Auka rekruttering av personar med innvandrarbakgrunn er òg viktig i eit mangfaldsperspektiv. Det følgjer av forskrifta til statstilsettelova at statlege verksemder skal innkalle minst éin kvalifisert søkjar som er innvandrar eller som er norskfødd og der begge foreldra er utanlandsfødde til intervju.
I hovudtariffavtala (2022–2024) er det nedfelt at partane i staten vil støtte kompetansetiltak mellom anna innanfor opplæring om aktivitets- og utgreiingsplikta (ARP). Dette vil kunne bidra til at statlege verksemder får eit auka medvit kring korleis ein skal jobbe med likestilling og på sikt bidra til å sikre like moglegheiter og hindre diskriminering på bakgrunn av kjønn, etnisitet, religion mv., jf. likestillings- og diskrimineringslova.
Det er for 2024 gitt ei fellesføring om at alle dei statlege verksemdene skal ha ei positiv utvikling i talet på tilsettingar av personar med nedsett funksjonsevne og/eller fråvær frå arbeid, utdanning eller opplæring i 2024 samanlikna med tidlegare år. Det er forventa at fellesføringa vil bidra til ein meir inkluderande statleg sektor.
Digitaliseringsdirektoratet er ein pådrivar for å skape meir samanhengande tenester, slik at innbyggarar og næringsliv i heile landet får eit betre tilbod og ei meir einsarta brukaroppleving. Digitaliseringsdirektoratet er òg tilsyn for universell utforming av IKT i både offentleg og privat sektor. Universell utforming gjer det mogleg for alle å delta i samfunnet på like vilkår, og er eit viktig verkemiddel for å redusere digitalt utanforskap. Departementet arbeider for auka digital kompetanse hos utsette grupper i samfunnet for å førebygge digitale ulikheiter.
Delmål 13.3) Styrkje evna enkeltpersonar og institusjonar har til å redusere klimagassutslepp, tilpasse seg til og redusere konsekvensane av klimaendringar og varsle tidleg, og dessutan styrkje utdanninga og bevisstgjeringa om dette
Partane i staten vart i hovudtariffavtalene for 2022–2024 einige om at dersom Noreg skal nå berekraftsmåla, må staten gå fremst, og alle statlege verksemder må bidra. Dette skal mellom anna skje ved at dei lokale partane må finne løysingar for å fremje berekraft og redusere miljøavtrykket i den enkelte verksemda. Dei sentrale partane i staten har i tariffperioden kartlagt korleis dei lokale partane kan støttast i dette arbeidet. Ein rapport, utarbeidd av Oslo Economics, viser mellom anna at både arbeidsgivar- og arbeidstakarsida oppfattar det lokale partssamarbeidet som ein god arena for å jobbe med klima- og miljøspørsmål i verksemda, men at det samstundes er stor variasjon i om og kor mykje dette blir tatt opp i det lokale partssamarbeidet. Det er òg utarbeidd ein rettleiar i berekraftsarbeid i det lokale partsarbeidet, til bruk i dei statlege verksemdene. Den har hovudmerksemd på delmål 13, men kan òg brukast i arbeid med alle berekraftsmåla. Rettleiaren er utarbeidd av ei partssamansett gruppe, leia av Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet.
Delmål 16.6) Utvikle effektive, ansvarlege og opne institusjonar på alle nivå
Noreg var i 2010 éin av åtte initiativtakarar til Open Government Partnership (OGP). Målet med OGP er at offentleg sektor og det sivile samfunnet skal samarbeide om å skape ei meir open, velfungerande og brukarvenleg forvaltning. Det viktigaste verkemiddelet i OGP er dei nasjonale handlingsplanane som blir utarbeidde i samråd med det sivile samfunnet. Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet er samordnar og pådrivar for OGP-arbeidet i Noreg. Eit eige OGP-råd har gitt regjeringa råd om arbeidet med openheit i forvaltninga. I byrjinga av 2024 publiserte regjeringa ein ny handlingsplan som skal vare frå 2024 til 2027. Planen inneheld forpliktingar innan område som openheit om offentlege innkjøp, antikorrupsjonsarbeid, digital inkludering og evaluering av e-innsyn. Det sivile samfunnet har kome med innspel til forpliktingar i handlingsplanen både gjennom samskaping og gjennom høyringar. Allmenn høyring medverka til at alle, ikkje berre organiserte interesser, kunne kome med forslag til forpliktingar.
Noreg følgjer opp tilrådingar frå den internasjonale organisasjonen for økonomisk samarbeid og utvikling (OECD), som har undersøkt tillit til styresmaktene og tilhøyrande institusjonar i OECD-medlemsland. OECD har òg laga ein eigen landrapport for Noreg (Drivers of Trust in Public Institutions in Norway, 2022). Noreg støtter opp under og finansierer OECD Hub on Information Integrity (før: OECD DIS/MIS Resource Hub) som bidrar til å dele kunnskap om å takle des- og feilinformasjon. Dette initiativet er ein del av oppfølginga av ei ministererklæring med mål om å bygge tillit og å styrkje demokratiet.
Digitale fellesløysingar og deling av data legg til rette for effektivitet og openheit i institusjonar på alle nivå. Digitale fellesløysingar gjer det enklare for offentlege verksemder å lage brukarvenlege digitale tenester, slik at det blir enklare for innbyggarar og næringsliv å ta tenestene i bruk.
Opne data handlar om å gi næringsliv, forskarar og sivilsamfunn tilgang til data som offentleg forvaltning har, på ein slik måte at dei lett kan brukast i nye samanhengar. Digitaliseringsdirektoratet har ansvar for data.norge.no, som er Noregs offisielle nettstad for opne offentlege data. Her kan verksemdene registrere datasett som er gjorde tilgjengelege for vidare bruk, og finne rettleiingsmateriell og informasjon om Norsk lisens for offentlege data.
Innsynsløysinga eInnsyn.no i Digitaliseringsdirektoratet sørgjer for at innbyggarane får utøvd sin demokratiske rett til openheit og innsyn i offentleg forvaltning. Det er avgjerande for tilliten at institusjonane er velfungerande og opptrer rettferdig. Digitaliseringsdirektoratet arbeider òg for å styrkje informasjonssikkerheita i stat og kommune.
Delmål 17.17) Stimulere til og fremje velfungerande partnarskap i det offentlege, mellom det offentlege og det private og i det sivile samfunn som bygger på partnarskapa sine erfaringar og ressursstrategiar
Digitaliseringsdirektoratet deltar i Digitalt Samarbeid Offentlig Privat (DSOP) som er eit samarbeid mellom offentlege verksemder og finansnæringa. Gjennom DSOP samarbeider privat næringsliv og offentleg sektor om å utvikle innovative og kostnadseffektive digitale løysingar for innbyggarane.
Regjeringa etablerte i 2022 Toppleiarforum for berekraftsmåla. Forumet samlar toppleiarar frå regjeringa, næringslivet, akademia, kommunesektoren, frivillig sektor og partane i arbeidslivet. Føremålet er å skape ein møteplass som legg til rette for samarbeid og for ei felles forståing av samanhengen mellom berekraftsmåla og dei dilemma, målkonfliktar og interessemotsetningar som ligg innebygd i Agenda 2030. Forumet er ei oppfølging av Meld. St. 40 (2020–2021) Mål med mening – Norges handlingsplan for å nå bærekraftsmålene innen 2030 og blir leia av digitaliserings- og forvaltningsministeren.
9 Lønsvilkår o.a. til leiarar i heileigde statlege verksemder
Norid AS
Dagleg leiar tok i mot 1 296 961 kroner i fastløn for 2023. Andre ytingar utgjorde 37 216 kroner. Pensjonskostnaden var 182 440 kroner. Leiande tilsette er med i den kollektive pensjonsordninga til verksmeda på lik linje med andre tilsette. Pensjonsordninga er ei innskotsbasert ordning på inn til 12 G. Det er ikkje avtalt etterlønsordning for dageleg leiar. Norid AS brukar ikkje variabel løn og heller inga form for opsjonsprogram eller bonusutbetalingar.
10 Likestilling
10.1 Likestilling i staten
Likestilling inneber at alle personar skal ha like rettar og moglegheiter i samfunnet, uavhengig av mellom anna kjønn, funksjonsevne, seksuell orientering, alder, etnisitet og religion.
Likestilling i det statlege tariffområdet
Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet har ansvaret for staten sin sentrale arbeidsgivarfunksjon og er tariffpart i det statlege tariffområdet. Departementet har i kraft av denne rolla eit særleg ansvar for å legge til rette for at den statlege personalpolitikken bidrar til likestilling og hindrar diskriminering, mellom anna når det gjeld rekruttering, løns- og arbeidsvilkår, forfremming, moglegheiter for utvikling og tilrettelegging for å kombinere arbeid og familieliv. Det å legge til rette for at alle får like moglegheiter i arbeidslivet, er ein viktig føresetnad for likestilling.
Mangfald og inkludering
Regjeringa har høge ambisjonar når det gjeld mangfald og inkludering. Alle som kan og vil jobbe, skal få høve til det. I Hurdalsplattforma er det tydeleg uttrykt at folk med nedsett funksjonsevne og helsemessige utfordringar skal møte eit arbeidsliv som er ope og inkluderande. Innvandrarar skal få bidra med sine ressursar. Kvinner og menn skal ha dei same moglegheitene, og ingen skal bli utsette for trakassering eller vald i arbeidslivet.
Den enkelte statlege verksemda har ansvaret for å bidra til auka mangfald og inkludering hos seg sjølv. Samstundes brukar Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet, som pådrivar på dette feltet, fleire verkemiddel for å bidra til auka likestilling på tvers av verksemder og sektorar:
-
Eit eige traineeprogram er ein del av staten si satsing for å inkludere personar med nedsett funksjonsevne eller hol i CV-en og som har høgare utdanning, i arbeidsmarknaden. Programmet skal sørgje for nye ressursar og styrkje mangfald i statlege verksemder, og forbetre rekrutteringsarbeidet i verksemdene, slik at eit inkluderings- og mangfaldsperspektiv er integrert i alle rekrutteringsprosessane i staten.
-
Statlege verksemder skal kalle inn minst ein kvalifisert søkjar med nedsett funksjonsevne, og minst ein kvalifisert søkjar med fråvær frå arbeid, utdanning eller opplæring (hol i CV-en) til intervju. Dette er det gitt reglar om i forskrifta til statstilsettelova. Etter forskrifta er det òg høve, men ikkje plikt, til å tilsetje ein søkjar med funksjonsnedsetjing eller hol i CV-en dersom vedkomande er nær like godt kvalifisert som den best kvalifiserte søkjaren (moderat kvotering). Det er òg høve til å tilsetje personar med nedsett funksjonsevne eller hol i CV-en, og som har førebels lønstilskot, i inntil to år utan offentleg utlysing. Dette skal gjere det enklare for statlege verksemder å ta i bruk kompetansen og arbeidskrafta til personane som er i målgruppa for denne ordninga.
-
I 2024 gav regjeringa ei fellesføring i tildelingsbreva til alle statlege verksemder om at dei skal ha ei positiv utvikling i talet på tilsetjingar av personar med nedsett funksjonsevne og/eller fråvær frå arbeid, utdanning eller opplæring i 2024, samanlikna med tidlegare.
-
Rekruttering av personar med innvandrarbakgrunn er viktig i eit mangfaldsperspektiv. Det følgjer av forskrifta til statstilsettelova at statlege verksemder skal innkalle minst éin kvalifisert søkjar som er innvandrar eller som er norskfødd og der begge foreldra er utanlandskfødde, til intervju.
-
Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet innhentar regelmessig kunnskap som tar for seg ulike sider av temaet mangfald og inkludering. I 2024 har departementet og hovudsamanslutningane i staten sluttført eit prosjekt om korleis behalde seniorar lengst mogleg i statleg tariffområde, eit prosjekt om rekruttering av personar med førebels lønstilskot til mellombels stillingar og eit prosjekt om kva utfordringar transkjønna opplever i arbeidslivet. Funna frå prosjekta vil danne grunnlag for moglege tiltak på dette feltet framover.
-
Digitaliserings- og forvaltningsministeren har fått ansvaret for oppfølginga av oppmodingsvedtaket der Stortinget ber regjeringa utgreie ytterlegare og sterkare tiltak for å rekruttere personar med funksjonsnedsetjing eller hol i CV-en i arbeidslivet i staten. Stortinget skal informerast om tiltak første halvår 2025.
Kjønnslikestilling i det statlege tariffområdet
I tråd med likestillings- og diskrimineringslova § 26 a skal det gjerast greie for den faktiske tilstanden når det gjeld likestilling mellom kjønna. I tabell 10.1 er det gjort greie for delen kvinner og menn som er leiarar i staten.
Tabell 10.1 Prosentdelen kvinner og menn i alle leiarstillingar og toppleiarstillingar i statleg sektor 2019–2023
Leiargrupper |
Kjønn |
2019 |
2020 |
2021 |
2022 |
2023 |
---|---|---|---|---|---|---|
Alle leiarar i staten1 |
Kvinner |
49 % |
51 % |
51 % |
53 %2 |
53 % |
Menn |
51 % |
49 % |
49 % |
47 % |
47 % |
|
Totalt |
10 310 |
9 958 |
10 114 |
10 340 |
10 654 |
|
Leiarar som er omfatta av leiarlønssystemet |
Kvinner |
38 % |
39 % |
39 % |
42 % |
45 % |
Menn |
62 % |
61 % |
61 % |
58 % |
55 % |
|
Totalt |
234 |
232 |
224 |
224 |
231 |
|
Leiarar som er omfatta av hovudtariffavtalene |
Kvinner |
50 % |
51 % |
52 % |
53 % |
53 % |
Menn |
50 % |
49 % |
48 % |
47 % |
47 % |
|
Totalt |
10 076 |
9 726 |
9 890 |
10 116 |
10 423 |
|
Øvste leiar av verksemd, («toppleiarar i staten») |
Kvinner |
42 % |
44 % |
|||
Menn |
58 % |
56 % |
||||
Totalt |
185 |
189 |
1 Prosentdelen kvinner og menn i leiarstillingar inkluderer både leiarar som er omfatta av hovudtariffavtalene i staten (HTA) per 1. oktober og leiarar som er omfatta av statens leiarlønssystem (SLS) per 31. desember. Tala for leiarar som er omfatta av hovudtariffavtalene, baserer seg på yrkeskode / STYRK-kode 1 administrative leiarar.
2 I 2022 var det 53 % kvinnelege leiarar i staten og 47 % menn. Ved en inkurie vart desse tala byttet om i Prop. 1 S (2023–2024), slik at det då vart opplyst at det var 47 % kvinner og 53 % menn. Dette er retta opp i tabellen ovanfor.
Kjelde: Statens lønsstatistikk og innrapporterte opplysningar frå departementa per 31. desember.
Tabellen gir ei oversikt over delen kvinner og menn i alle leiarstillingar, inkludert toppleiarstillingar, i staten. Mellom alle leiarar var det i 2023 47 pst. menn og 53 pst. kvinner. Dersom vi berre ser på leiarar som er omfatta av leiarlønssystemet, var delen kvinner 45 pst. i 2023. Dette er ein auke frå 2022. Leiarlønssystemet omfattar ei rekke leiarstillingar i staten, slik som departementsrådar og ekspedisjonssjefar i departementa, toppleiarar i større etatar og institusjonar, statsforvaltarar og politimeistrar. Leiarlønssystemet vart etablert i 1991, mellom anna for å kunne rekruttere og halde på dyktige leiarar i staten. Den største gruppa av leiarar på leiarlønssystemet er ekspedisjonssjefane. Ser vi på delen kvinner som er øvste leiar i statlege verksemder, var den på 44 pst. i 2023. Dette er òg ein auke frå 2022, då det var 42 pst. kvinner blant toppleiarane i staten. Tala viser dermed ei svært positiv utvikling når det gjeld kjønslikestilling på toppen av statsforvaltninga.
Likeløn
Eit sentralt tema innanfor likestilling er likeløn. Likestillings- og diskrimineringslova § 34 slår fast at kvinner og menn i same verksemd skal ha lik løn for same arbeid eller arbeid av lik verdi. Løna skal fastsetjast på same måte, utan omsyn til kjønn. Tabell 10.2 viser gjennomsnittleg månadsforteneste for kvinner og menn, og prosentvis auke i månadsforteneste frå 2018 til 2023.
Tabell 10.2 Tal på årsverk og gjennomsnittleg månadsforteneste for heiltidstilsette 2018-2023
Tal på årsverk1 |
Prosent endring 2018–2023 |
Gjennomsnittleg mnd.forteneste2 for heiltidstilsette |
Prosent endring 2018–2023 |
|||
---|---|---|---|---|---|---|
2018 |
2023 |
2018 |
2023 |
|||
Årsverk som er omfatta av hovudtariffavtalene |
145 992 |
154 977 |
6,15 % |
48 980 |
59 054 |
20,57 % |
Kvinner |
72 661 |
79 280 |
9,11% |
46 271 |
55 936 |
20,89 % |
Menn |
73 332 |
75 697 |
3,23 % |
51 572 |
62 267 |
20,74 % |
1 Tal på årsverk i 2018 og 2023 er henta frå rapportane frå Statistikk- og berekningsutvalet i samband med revisjon av hovudtariffavtalene i staten.
2 Tala for månadsforteneste er for heiltidstilsette, og ikkje per årsverk.
For tilsette i det statlege tariffområdet samla, var kvinner sin del av menn si løn i 2023 på 89,8 pst. (månadsforteneste i alt). Ser vi på fastløn var den på 96,7 pst. når det gjeld kvinner sin del av menn si løn (Statistikk- og berekningsutvalet i samband med revisjon av hovudtariffavtalene i staten 2024). I perioden mellom 2018 og 2023 auka talet på årsverk i staten omfatta av hovudtariffavtalene med 6,15 pst. Talet på årsverk for kvinner auka med 9,11 pst. medan talet på årsverk for menn auka med 3,23 pst. Tabell 10.2 viser at frå 2018 til 2023 var det små forskjellar i den prosentvise auken i månadsforteneste mellom kvinner og menn.
Tala i tabellen ovanfor, og det at kvinner sin del av menn si løn i 2023 var 89,9 pst. (månadsforteneste i alt), viser at det er kjønnsskilnader i løn, men tala i seg sjølv seier ikkje noko om årsakane til desse skilnadene. I samband med den forsterka aktivitets- og opplysningsplikta, er offentlege verksemder pålagde å gjere nærare greie for likeløn annakvart år, forstått som lik løn for arbeid av lik verdi. Ei slik kartlegging vil på sikt kunne gi større innsikt i kva dei konkrete lønsskilnadene i det statlege tariffområdet kjem av. 2021 var første gong med likelønsrapportering etter den nye plikta. Departementet vil følgje med på denne rapporteringa framover.
10.2 Likestilling i verksemdene
Tabell 10.3 gir ei tilstandsrapportering om likestillingssituasjonen i Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet sine underliggande verksemder.
Ettersom Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet vart oppretta 1. januar 2024, er det ikkje årsrapportering på likestilling frå departementet. Tala på likestilling frå Kommunal- og distriktsdepartementet viser tala frå tidlegare år, sjå Prop. 1 S (2024–2025) for Kommunal- og distriktsdepartementet.
I ein del verksemder har delen som arbeider deltid gått opp for menn frå 2022 til 2023, mens delen for kvinner ikkje har store endringar frå fjoråret. Talet på mellombelse tilsette har gått ned noko for kvinner og menn. Både kvinner og menn tar ut foreldrepermisjon og har høve til å tilpasse arbeidstida i småbarnsperioden. Framleis har kvinner noko høgare legemeld sjukefråvær enn menn, men talet har gått noko ned for kvinner og auka noko for menn. For ei nærare omtale av dei underliggande verksemdene blir det vist til årsrapportane deira.
Tabell 10.3 Tilstandsrapportering i Digitaliserings- og forvaltningsdepartementets underliggande verksemder
Kjønnsbalanse |
Kvinners løn i % av menn |
Deltid |
Mellombels tilsetting |
Foreldre-permisjon (fordeling) |
Legemeld sjukefråvær |
||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
M% |
K% |
Total |
(kr/%) |
M% |
K% |
M% |
K% |
M% |
K% |
M% |
K% |
||
Datatilsynet |
2023 |
39 |
61 |
68 |
94,5 |
1,5 |
0 |
0 |
1,47 |
47 |
53 |
4,15 |
2 |
2022 |
44 |
56 |
69 |
95,1 |
0 |
0 |
16,7 |
12,8 |
28 |
72 |
1,9 |
4 |
|
Digitaliseringsdirektoratet |
2023 |
55 |
45 |
375 |
1,7 |
3,7 |
5,1 |
7,1 |
29 |
71 |
2,3 |
5,1 |
|
2022 |
55 |
45 |
346 |
94 |
1,2 |
1,7 |
2 |
2,3 |
43 |
57 |
3,2 |
4,9 |
|
Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit |
2023 |
65 |
35 |
174 |
100 |
2 |
0 |
2 |
0 |
73 |
27 |
2,15 |
3 |
2022 |
64 |
36 |
169 |
97 |
1 |
2 |
3 |
1 |
58 |
42 |
1,4 |
3,7 |
|
Statsbygg |
2023 |
64 |
36 |
886 |
111 |
2,5 |
3,7 |
1,4 |
0,9 |
42 |
58 |
3 |
5,4 |
2022 |
63 |
37 |
835 |
112 |
1,9 |
3,8 |
1 |
0,6 |
43 |
57 |
3,2 |
5,6 |
|
Statsforvaltaren |
2023 |
28 |
72 |
2 564 |
96,2 |
5,6 |
6,6 |
6,1 |
4,8 |
10 |
90 |
2,7 |
5,3 |
2022 |
29 |
71 |
2 525 |
91,4 |
5,4 |
6,1 |
6,5 |
6,1 |
23 |
77 |
2,8 |
5,6 |
|
Statsforvaltarens fellestenester |
2023 |
37 |
63 |
202 |
89 |
2,7 |
8,6 |
8,1 |
3,1 |
47 |
53 |
2,7 |
5,9 |
2022 |
37 |
63 |
204 |
90 |
0 |
7 |
8 |
3,1 |
20 |
80 |
3,6 |
5,6 |
|
Tryggings- og serviceorganisasjonen til departementa |
2023 |
58 |
42 |
683 |
107,3 |
2,3 |
2,5 |
6,5 |
4,2 |
57 |
43 |
3,9 |
4,9 |
2022 |
58 |
42 |
738 |
105 |
1 |
3 |
7 |
7 |
56 |
44 |
4,3 |
5,8 |