Prop. 1 S (2024–2025)

FOR BUDSJETTÅRET 2025 — Utgiftskapittel: 1–2, 1500–1567, 2445 Inntektskapittel: 4500–4567, 5579, 5607

Til innhaldsliste

Del 1
Innleiande del

1 Hovudoppgåver og organisering

Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet vart etablert med verknad frå 1. januar 2024. Etableringa av departementet skal bidra til å styrkje staten og samfunnet si evne til å utnytte potensialet og handtere utfordringane som digital teknologi skapar. Departementet har eit pådrivaransvar og ei samordningsrolle i dette arbeidet. Departementet skal gjennom forvaltningspolitikken bidra til god styring av fellesskapet sine ressursar og ein betre offentleg sektor til fordel for befolkninga, næringslivet og frivillig sektor. Departementet skal bidra til vidareutvikling av ein effektiv og høgt kompetent statleg sektor.

Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet har ansvaret for fornying av offentleg sektor, IT-politikk, elektronisk kommunikasjon, oppfølging av berekraftsmåla, personvern, statleg arbeidsgivarpolitikk, sikkerheit og fellestenester for departementa, overordna ansvar for statlege bygg og statsforvaltarane og budsjettet for kongehuset.

Departementet har etatsstyringsansvaret for Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit, Digitaliseringsdirektoratet, Datatilsynet, Statsbygg, Service- og tryggingsorganisasjonen til departementa, Digitaliseringsorganisasjonen til departementa som blir etablert frå 1. januar 2025, Statsforvaltaren og Statsforvaltarens fellestenester. I tillegg har departementet ansvaret for eigarstyringa av Norid AS, styring og forvaltning av departementet sine løyvingar til Noregs forskingsråd og det administrative ansvaret for Personvernnemnda. Vidare får Direktoratet for forvaltning og økonomistyring og Statens pensjonskasse budsjettmidlar og oppdrag frå Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet.

2 Hovudprioriteringar

2.1 Eit digitalisert samfunn for alle

Noreg har i løpet av dei siste 25 åra gått gjennom ein stor, digital transformasjon. Heile potensialet for digitalisering er likevel ikkje tatt ut. Dei komande åra vil vere prega av aukande ressursmangel. Noreg må handtere ressursknappheit på natur, folk og pengar, og må derfor betre utnytte moglegheitene som ligg i digitalisering.

Det er store moglegheiter for å fornye og forenkle offentleg sektor og auke verdiskapinga frå norsk næringsliv. Digitalisering er eit verkemiddel for å møte desse utfordringane, samstundes som vi kan oppnå betre kvalitet på dei offentlege tenestene, større verdiskaping og eit samfunn der alle er inkludert.

Noreg er eit av verdas mest digitale land, men potensialet for å digitalisere meir er framleis stort. Digitalisering er eit verkemiddel for å utvikle samfunnet. Det er viktig at digitaliseringa skjer på ein trygg og forsvarleg måte, slik at vi tar vare på den høge tilliten til offentlege myndigheiter.

I OECD Digital Government Index1 er Noreg i 2023 rangert på 4. plass blant OECD-landa. Rapporten vurderer innsatsen som er gjort av styresmaktene for å sikre det nødvendige grunnlaget for digital transformasjon av offentleg sektor. Noreg er i front på mange område, til dømes bruksretta digitalisering. Noreg skårar òg høgt på utbreiing av og kvalitet på digital infrastruktur i internasjonale samanlikningar. Noreg har med andre ord gode føresetnader for å digitalisere for auka velferd, innovasjon, næringsutvikling og verdiskaping over heile landet.

Regjeringa la hausten 2024 fram den nye nasjonale digitaliseringsstrategien. Strategien peikar på nokre viktige føresetnader som må vere på plass for å gjennomføre den digitale omstillinga på ein forsvarleg måte. Det gjeld mellom anna ein sikker og framtidsretta digital infrastruktur, styrka sikkerheit og beredskap, forsterka styring og samordning av digitaliseringspolitikken, eit godt personvern for alle og nødvendig digital kompetanse framover. Strategien peiker på dei moglegheitene som data gir og viktigheita av å fortsette arbeidet med samanhengande tenester. Vi må òg arbeide vidare med den grøne og digitale omstillinga, fremje eit omstillingsdyktig og innovativt næringsliv og utnytte moglegheitene i kunstig intelligens.

Medfinansieringsordninga for statlege digitaliseringstiltak er eit godt etablert verkemiddel for auka digitalisering. Målet for ordninga er å bidra i eit spleiselag med statlege verksemder slik at dei kan realisere samfunnsøkonomisk lønsame digitaliseringstiltak. Dette er ulike tiltak som fører til nye og betre tenester til innbyggarar og næringsliv og ein meir effektiv offentleg sektor. Regjeringa foreslår å auke tilsegnsramma for ordninga med 39,5 mill. kroner til 180,1 mill. kroner.

Datasenter og mobil- og breibandnett (elektroniske kommunikasjonsnett) utgjer den digitale grunnmuren i Noreg, og er ein føresetnad for digitale løysingar og tenester på tvers av alle sektorar. Ein sikker, framtidsretta og tilgjengeleg digital grunnmur i heile landet er derfor avgjerande for å nå måla på digitaliseringsområdet. Noreg ligg langt framme i internasjonal målestokk med gode og sikre elektroniske kommunikasjonsnett. Likevel er det behov for betydeleg innsats framover.

Regjeringa har som mål at alle husstandar og verksemder skal ha tilbod om breiband med hastigheit på minst 100 megabit per sekund (Mbit/s) nedlastingshastigheit og 10 Mbit/s opplastingshastigheit innan utgangen av 2025, og tilbod om minst 1 gigabit per sekund (1 000 Mbit/s) nedlastingshastigheit og 100 Mbit/s opplastingshastigheit i 2030. Utbygginga går raskt og dekningsgraden aukar for kvart år, men det er framleis betydelege geografiske forskjellar i breibanddekning. Førebelse estimat frå Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit viser at per første halvår 2024 hadde 98,7 pst. av husstandane tilbod om breiband med hastigheit på minst 100 Mbit/s nedlastingshastigheit og 95,7 pst. tilbod om gigabit-breiband. I tettbygde strøk hadde 98,6 pst. gigabit-tilbod, medan 79,9 pst. i spreiddbygde strøk hadde det. Det viktigaste verkemiddelet for å nå alle med raskt breiband er å legge til rette for kommersiell utbygging. Samstundes vil regjeringa òg i budsjettforslaget for 2025 prioritere betydelege midlar til utbygging i område utan kommersielt grunnlag for utbygging.

Den teknologiske utviklinga går raskt og 5G-utbygginga held fram i høgt tempo. Per 1. august 2024 hadde over 99 pst. av befolkninga tilbod om 5G der dei bur. Regjeringa legg til rette for utbygging, for at behova til industrien blir møtt og for innovasjon og utvikling i næringslivet knytt til 5G, både gjennom frekvensforvaltning og 5G-industriforum. Mobilnetta, og særleg 5G, mogleggjer saman med sensorar som kommuniserer med internett (tinga sitt internett, IoT) og kunstig intelligens nye løysingar for auka produktivitet og reduserte klimautslepp i industrien, gjennom forbetring og automatisering av prosessar. Noreg har òg fått eit breibandstilbod frå lågbanesatellittar. Saman med fullføringa av 5G-utbygginga, gir dette auka tilgjengelegheit og bidrar til eit breibandstilbod med god kapasitet mange plassar, særleg i spreiddbygde strøk.

Det er avgjerande at netta er sikre og robuste. Regjeringa har lagt fram forslag til ny ekomlov, som mellom anna legg til rette for ei ytterlegare styrking av sikkerheita og robustheita i nett og tenester, og som regulerer datasenter for første gang. Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet og Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit følgjer opp sikkerheit og beredskap både etter ekomlova og sikkerheitslova, mellom anna gjennom tilsyn, pålegg og rettleiing.

Regjeringa vil heve innsatsen for å redusere sårbarheiter, ikkje minst i spreiddbygde område der det ikkje er kommersielt grunnlag for å bygge ut reserveløysingar. Regjeringa vil derfor òg i 2025 bruke betydelege midlar på telesikkerheit og -beredskap. Dette skal mellom anna bidra til forsterka mobildekning i sårbare kommunar for auka beredskap for lokal kriseleiing og befolkninga elles. Vidare vil regjeringa halde fram med å styrkje infrastrukturen i sårbare regionar, basert på grundige og systematiske risiko- og sårbarheitsanalysar frå Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit i samarbeid med ei rekke aktørar. Samla skal midlane til breiband og telesikkerheit og -beredskap bidra til ein tilgjengeleg og sikker digital grunnmur som legg til rette for gode og trygge digitale tenester og løysingar i privat og offentleg sektor.

Dei digitale fellesløysingane har ein sentral plass i tenesteproduksjonen i offentleg sektor og den digitale samhandlinga med innbyggarar og næringsliv. Dette er tenester som er sentrale for å vareta den samfunnsstrukturen vi har i Noreg. Dei digitale fellesløysingane speler ei avgjerande rolle i utviklinga av offentlege, digitale tenester som gir innbyggarane og næringslivet tilgang til brukarvenlege og einskaplege tenester når dei skal kommunisere med offentleg sektor. Digitaliseringsdirektoratet har dei siste åra igangsett to større moderniseringsarbeid knytte til sine fellesløysingar. Modernisert teknologi bidrar til auka sikkerheit og stabilitet for løysingane, men ein viktig føresetnad er at drift, sikring og forvaltning av løysingane òg blir rusta for vekst og førebygging av digitale angrep. Regjeringa foreslår derfor å styrke direktoratet sitt arbeid med dette med 40 mill. kroner i 2025.

Altinn er ein viktig fellesløysing for digital dialog mellom offentlege etatar, næringsliv og privatpersonar. Det er etablert eit program, Nye Altinn, med Digitaliseringsdirektoratet, Skatteetaten, Statistisk sentralbyrå (SSB) og Brønnøysundregistera som skal modernisere Altinn-plattforma. Den nye plattforma skal vareta krava til sikkerheit, regulatoriske rammevilkår, etterleving av personvern og tenesteeigarane sine funksjonelle behov. Programmet skal òg flytte tenester frå Altinn II til den moderniserte plattforma. I dette arbeidet er det viktig å vareta behov for ei forsvarleg drift og forvaltning av løysinga. Stortinget har i 2024 løyvd 408,2 mill. kroner til Nye Altinn. I samband med revidert nasjonalbudsjett for 2024 vart det vedtatt ei kostnadsramme på 1 267 mill. kroner for heile programmet i programperioden ut 2026. I 2025 blir det foreslått 379,7 mill. kroner til programmet, fordelt på dei fire deltakande etatane, med 127,9 mill. kroner til Digitaliseringsdirektoratet, 52,6 mill. kroner til Brønnøysundregistra, 182,8 mill. kroner til Skatteetaten og 16,4 mill. kroner til SSB.

Kunstig intelligens (KI) har på kort tid satt sitt preg på samfunnet. Teknologien skapar moglegheiter og utfordringar vi ikkje har sett tidlegare. Ved hjelp av KI er det mogleg å forbetre løysingar og arbeidsprosessar. Norske verksemder i både offentleg og privat sektor bør ta i bruk kunstig intelligens for å realisere potensialet som ligg i teknologien for effektivisering, kvalitetsheving og nyskaping. Regjeringa har gitt Forskingsrådet i oppdrag å greie ut kor mykje reknekraft Noreg vil trenge dei komande åra, behovet for ein eventuell nasjonal infrastruktur og korleis ein eventuell nasjonal infrastruktur for reknekraft til forsking, forvaltning og kunstig intelligens bør organiserast. Det er derfor foreslått å legge til rette for trening og tilgjengeliggjering av norske og samiske grunnmodellar og reknekraft til utvikling av desse, jf. Prop. 1 S (2024–2025) for Kunnskapsdepartementet og Prop. 1 S (2024–2025) for Kultur- og likestillingsdepartementet.

Samstundes vil regjeringa følgje med på utviklinga i internasjonalt regelverk, mellom anna knytt til KI. Regjeringa er opptatt av at KI-reguleringa frå EU blir tatt inn i norsk lovverk snarast råd.

Regjeringa vil òg legge til rette for at Noreg utnyttar moglegheitene bruk av teknologi og data gir for auka verdiskaping, innovasjon og berekraftig utvikling. Det er viktig å ha gode rammevilkår som støttar utvikling og bruk av digitale tenester, gjennom mellom anna deling av offentlege data for innovasjon og nye forretningsmodellar i næringslivet og sivilsamfunnet. Vidarebruksutvalet leverte den offentlege utgreiinga Med lov skal data deles til departementet 26. juni 2024. Utgreiinga viser at det er ei utfordring å få tilgang til nok data av god kvalitet. Utvalet har mellom anna foreslått to ulike lover, ei lov om datadeling for å gjennomføre EUs «opne data-direktiv» og ei lov om dataforvaltning for å gjennomføre EUs forordning om dataforvaltning. Regjeringa vil følgje opp utgreiinga, slik at det blir enklare å finne og ta i bruk offentlege data til å skape betre tenester, meir innovasjon og næringsutvikling.

Noreg deltar i Programmet for et digitalt Europa (DIGITAL) 2021–2027, som er EUs investerings- og kapasitetsbyggingsprogram for digital omstilling og bruk av innovative digitale teknologiar i samfunn og næringsliv. Regjeringa sin strategi for norsk deltaking i DIGITAL vart lagt fram i april 2024 og legg fram mål og overordna prioriteringar for deltaking i programmet. Sentralt i programmet er etablering av såkalla innovasjonsnav – European Digital Innovation Hubs (EDIH). Noreg har to godkjende digitale innovasjonsnav, eit som fokuserer på anvendt kunstig intelligens og eit som rettar seg mot hav og kyst. Regjeringa foreslår at det blir sett av 20 mill. kroner årleg til desse to innovasjonsnava.

Regjeringa la fram ein nasjonal strategi for eID i offentleg sektor våren 2023. Strategien set mål om at alle skal bli inkludert i det digitale samfunnet, mellom anna gjennom gode løysingar for fullmakt og representasjon. Strategien er følgt opp med ein handlingsplan, utarbeidd av Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet og Digitaliseringsdirektoratet, med involvering av relevante departement og underliggande verksemder. Handlingsplanen konkretiserer tiltaka i strategien og rettar seg primært mot verksemder og styresmakter i offentleg sektor. For å følgje opp handlingsplanen og mogleggjere tilgang til offentlege tenester på vegne av ein annan brukar, foreslår regjeringa å løyve 2,6 mill. kroner til Digitaliseringsdirektoratet for å arbeide med ei fullmaktsløysing. Denne skal legge til rette for at ikkje-digitale brukarar kan la andre representere seg i digitale tenester.

Regjeringa la i juni 2023 fram Handlingsplan for auka inkludering i eit digitalt samfunn. Målet med handlingsplanen er å sikre at alle innbyggarar skal få likeverdige offentlege tenester, uavhengig av bakgrunn, språkkunnskapar eller alder. Handlingsplanen retter seg primært mot dei gruppene som opplever digitale barrierar og digitalt utanforskap. Regjeringa vil sørgje for at offentleg sektor tilbyr rettleiing i bruk av digitale løysingar til brukarar med ingen eller svake digitale ferdigheiter. Offentleg sektor har eit ansvar for å levere tenester til alle, òg til dei som ikkje er digitale. Regjeringa foreslår for 2025 at det blir sett av midlar til tilskot til hjelpe- og rettleiingstilbod til innbyggarar med manglande eller låg digital kompetanse. Regjeringa foreslår òg å auke driftstilskotet til Seniornett for å følgje opp tiltak i handlingsplanen. Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet og KS samarbeider om etablering av kommunale hjelpetilbod for å auke innbyggarane sin digitale kompetanse. Samarbeidsavtala varer ut 2025.

Vi blir stadig meir avhengige av digitale løysingar og tenester frå både offentlege og private tenestetilbydarar. Befolkninga må ha tillit til desse løysingane for at dei skal vere villige til å ta dei i bruk. Eit godt personvern er sentralt for denne tilliten. Offentleg sektor må ta ansvar mellom anna gjennom å sikre innebygd personvern i sine løysingar. Regjeringa meiner eit godt tiltak vil vere å etterspørje personvernvenleg teknologi. Dette vil gi godt personvern i offentleg sektor samstundes som det kan bidra til at it-bransjen utviklar personvernvenleg teknologi som fleire kan ta i bruk.

Personvern må vektast mot andre interesser i eit heilskapleg perspektiv. Ulike omsyn må vegast mot kvarandre. Regjeringa ønskjer ei heilskapleg vurdering av etiske spørsmål knytte til deling og gjenbruk av personopplysningar, og vil derfor greie ut oppretting av eit rådgivande organ som skal sjå personvern på tvers av sektorar, fagfelt og forvaltningsnivå.

2,3 mrd. kroner til nye digitaliseringstiltak i 2025

Regjeringa foreslår ei offensiv satsing på digitalisering, og opprettheld eit høgt digitaliseringstempo. Budsjettforslaget til regjeringa inneber 2,3 mrd. kroner til nye digitaliseringstiltak i 2025, jf. tabell 2.1. Regjeringa sitt forslag til satsingar og omprioriteringar vil gjere det mogleg å realisere digitaliseringstiltak som vil bidra til forenkling og effektivisering i offentleg sektor, betre offentlege tenester, auka IT-sikkerheit og til styrking av den digitale grunnmuren.

Tabell 2.1 Nye digitaliseringstiltak i 2025

Departement

Kort omtale av tiltaket

Forslag (mill. kroner)

AID

Risikoreduserande tiltak ifm. utbetalingsløysing og pensjonssystem, og forprosjekt ny løysing

77,0

AID

Samanhengande digitale tenester for betre bruk av ukrainsk kompetanse i norsk arbeidsliv

10,0

AID

Systemutvikling i NAV knytt til pensjonsforliket

49,0

AID

Utvikling av ny systemløysing for ungdomsytelser

30,0

AID

Systemutvikling av ny modell for kjøp av tolketenester frå frilanstolkar

3,0

AID

Kortare leveringstid for spesialtilpassa kassebil

17,1

BFD

Digital gravferdsmelding

5,0

BFD

Modernisering av fagsystemet for det statlege barnevernet

28,0

DFD

Nye Altinn

357,2

DFD

Utbygging av høghastigheits breiband

415,6

DFD

Medfinansieringsordninga for digitaliseringsprosjekt (tilsegnsramme)1

180,1

DFD

Internet Governance Forum 2025

119,9

DFD

Digitalt dødsbo

10,6

DFD

Sivil beredskap – sikkerheit og beredskap i nasjonale fellesløysingar

40,0

DFD

Fullmaktsløysing som legg til rette for at ikkje-digitale brukarar kan la andre representere seg i digitale tenester

2,6

ED

Sokkeldirektoratet – digitalisering av innrapportering, dataforvaltning og -deling, og tenester for petroleumsnæringa

45,0

ED

NVE – digitalisering av plan-, konsesjons- og tilsynsprosessar for energi- og vassdragsanlegg

16,5

FD

Forsvaret – styrking av grunnmur IKT og cyberoperasjonar

181,0

FIN

Fremtidens innkreving, steg II

250,0

JD

Ny kontrollromsløysing på Hovedredningssentralen

3,5

JD

Utvikle nasjonal portal for digital sikkerheit og nasjonalt støtteverktøy for digital sikkerheit

7,0

JD

Modernisering av IT-system for utlendingsforvaltninga

84,5

HOD

Nytt felles fagsystem og dataplattform for Statens helsetilsyn og statsforvaltarane

11,0

HOD

Nasjonal løysing for å tilby digitale allmennlegetenester gjennom Helsenorge

18,0

KD og HOD

Betre tilgang til helsedata

10,0

KD og KUD

Trening av norske og samiske språkmodellar for kunstig intelligens

40,0

KDD

Sikkert nasjonalt eigedomsregister

50,0

KUD

Digitalisering av kulturarv

40,0

NFD

Deltaking i European Chips Act

40,0

SD

Digitalisering og teknologiutvikling i Statens vegvesen

120,0

SD

Vidareutvikling av Entur sine digitale løysingar

30,0

Sum

2 291,6

1 Medfinansieringsordninga dekker berre halve investeringskostnaden, resten må søkjarverksemda finne rom for innanfor eiga ramme. Løyvinga til medfinansieringsordninga i 2025 vil kunne utløyse offentlege digitaliseringsinvesteringar med samla budsjett på minst 360 mill. kroner.

I tillegg til tiltaka i tabellen foreslår regjeringa å løyve til saman 736,5 mill. kroner til Program for felles IKT i departementsfellesskapet og til IKT-utstyr og løysingar i departementa. For nærare omtale av desse tiltaka sjå programkategori 01.10.

I tillegg til dei nye digitaliseringstiltaka i tabellen over, blir allereie vedtatte digitaliseringssatsingar på fleire sentrale område vidareførte. Ei rekke prosjekt blir òg gjennomførte innanfor dei gjeldande budsjettrammene til verksemdene.

Nedanfor følgjer ei kort omtale av enkelte av tiltaka i tabellen. Tiltaka i tabellen er nærare omtalt i budsjettproposisjonen til det enkelte departement.

Regjeringa foreslår å løyve 5 mill. kroner til utrulling og vidareutvikling av digital gravferdsmelding og 10,6 mill. kroner til digitalt dødsbo. Begge tiltaka inngår som element i livshendinga «Dødsfall og arv» der målet er forenkling for dei etterlatne.

Regjeringa foreslår å løyve til saman 40 mill. kroner til trening av norske og samiske språkmodellar (grunnmodellar) til bruk i kunstig intelligens. Av desse vil 20 mill. kroner gå til Nasjonalbiblioteket som får i oppdrag å trene og tilgjengeleggjere språkmodellar, medan 20 mill. kroner skal gå til å finansiere reknekraft til trening av modellane. Reknekrafta skal leverast av tungrekneselskapet Sigma2 AS som er eigd av Sikt – Kunnskapssektoren sin tenesteleverandør. Samstundes vil regjeringa greie ut kor mykje reknekraft Noreg vil trenge dei komande åra, behovet for ein eventuell nasjonal infrastruktur og korleis ein eventuell nasjonal infrastruktur for reknekraft til forsking, forvaltning og kunstig intelligens bør organiserast. Sjå nærare omtale i Kunnskapsdepartementets Prop. 1 S (2024–2025), under kap. 273, post 50 og Kultur- og likestillingsdepartementets Prop. 1 S (2024–2025), under kap. 326, post 01 og post 45.

Regjeringa foreslår å løyve 40 mill. kroner for å utvide digitaliseringsproduksjonen ved Nasjonalbiblioteket i Mo i Rana og ved Arkivverket si avdeling Norsk helsearkiv på Tynset. Arbeidet med registrering av metadata vil òg bli styrka, noko som legg betre til rette for framfinning og deling av data frå dei digitale arkiva. Løyvinga blir fordelt mellom Nasjonalbiblioteket og Arkivverket med 20 mill. kroner til kvar. Tiltaket vil bidra til at eksisterande infrastruktur blir betre utnytta, at kulturarven blir digitalisert og gjort tilgjengeleg i eit raskare tempo og gi større volum med offentlege og kvalitetssikra data som ressurs for å utvikle språkteknologi på norsk.

Regjeringa foreslår ein auke på 30 mill. kroner til vidareutvikling av Entur sine digitale løysingar. Forslaget følgjer opp regjeringa sin strategi i Meld. St. 14 (2023–2024) Nasjonal transportplan 2025–2036 om ei digital satsing på meir saumlause reiser og betre bruk av data. Målet er at dei reisande skal få ein enklare og meir saumlaus reisekvardag, og at aktørane i transportsektoren skal få betre data som grunnlag for å styre trafikk, utnytte kapasitet, handtere avvik og betre transportplanlegginga.

2.2 Ein omstillingsdyktig og effektiv offentleg sektor

Regjeringa ønskjer ein sterk og effektiv offentleg sektor som gir innbyggarane gode tenester, valfridom og medråderett. Regjeringa sine mål for offentleg sektor er å oppnå meir velferd og mindre administrasjon, meir lokal fridom og mindre detaljstyring. Alle skal ha tilgang til tilpassa velferdstenester av god kvalitet gjennom det offentlege tilbodet. Arbeidet med regjeringa si tillitsreform er eit viktig grep for å fornye og forbetre offentleg sektor. Dei tre andre områda i fornyingsarbeidet er innovasjon, digitalisering og berekraft. For arbeidet med digitalisering, sjå pkt. 2.1 og for berekraftsarbeidet sjå del III.

Målet med tillitsreforma er å gi brukarane og innbyggarane betre velferd og betre tenester til rett tid. Gjennom å styrkje handlingsrommet og bruke kompetansen til fagfolk i førstelinja betre vil offentleg sektor kunne tilby betre og meir brukarretta tenester. Samanlikna med andre forvaltningsreformer er tillitsreforma ikkje ei detaljert styrt reform frå regjeringa. Tillitsreforma skal utviklast nedanfrå, og tiltak skal vere relevante for å utvikle betre tenester i den enkelte verksemd, og på tvers av verksemder. Målet er òg å kutte unødig rapportering, kontroll og styring. Ei styrking av partssamarbeidet står sentralt i arbeidet, og dette er tett kopla til fornyingsagendaen. Med ny teknologi og nye arbeidsformer er det avgjerande at dei lokale partane har tett dialog om korleis tilsette skal involverast i denne utviklinga.

Arbeidet med tillitsreforma hentar kunnskap og innsikt frå våre naboland og andre som har arbeidd lengre med desse forvaltningsprinsippa, og som ser at prinsippa er tilpassa dei utfordringane som offentleg sektor skal løyse framover.

Tillitsreforma gjeld heile offentleg sektor, både staten og kommunesektoren. Den er eit felles prosjekt for regjeringa. Det er dei enkelte departementa som skal sørgje for at tillitsreforma blir følgt opp i praksis i sine sektorar. Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet har ansvaret for å setje rammene for og å vere pådrivar i arbeidet. Som ein del av denne overordna rolla har departementet kontakt med dei sentrale partane i arbeidslivet i offentleg sektor om tillitsreforma; LO, YS, Unio, Akademikerne, KS og Spekter.

Regjeringa ønskjer å bygge og vidareutvikle kultur og kompetanse for innovasjon i offentleg sektor. Innovasjon i offentleg sektor må til for å dekke behovet for arbeidskraft og for å utvikle betre tenester ved hjelp av ny teknologi. Regjeringa er opptatt av å bruke medarbeidarane sin kompetanse i innovasjonsarbeidet, og inviterer gjennom tillitsreforma til utvikling nedanfrå. Dette krev òg styring og leiing som gjer dette mogeleg. Departementet sitt arbeid med innovasjon i offentleg sektor dreier seg i stor grad om å betre rammene for fornying og forbetring. Gjennom å utvikle nye modellar for styring, finansiering, leiing og samordning vil offentleg sektor kunne omstille seg og innovere raskare. I dette arbeidet bidrar Digitaliseringsdirektoratet, Direktoratet for forvaltning og økonomistyring og DOGA med innsikt, kompetanseheving og verkemiddel for innovasjon.

Velferdsstaten står overfor store utfordringar i åra framover, mellom anna fordi vi blir fleire eldre. Det vil bli auka behov for helse- og omsorgstenester. Dei økonomiske rammene vil bli mindre romslege. Det vil òg bli knappare tilgang på arbeidskraft. Dei statlege verksemdene står overfor store og krevjande omstillingar. Å utnytte potensialet som ligg i innovasjon og digitalisering er avgjerande for å realisere moglegheiter for å auke produktiviteten, verdiskaping og utvikle nye forretningsmoglegheiter. Fleire offentlege verksemder jobbar målretta med å utvikle samanheng i tenestetilbodet. Gjennom å samhandle på tvers av sektorar og forvaltningsnivå vil offentleg sektor kunne lykkast i arbeidet med samanhengande tenester.

I Meld. St. 31 (2023–2024) Perspektivmeldingen 2024 viser ein òg til behovet for god ressursutnytting i offentleg sektor og effektiv drift av verksemdene, sjå kap 4.3.

Regjeringa vil at alle som kan og vil jobbe, skal få høve til det. Dei statlege verksemdene må ta sin del av ansvaret for å legge til rette for arbeidsinkludering. Knappare tilgang på arbeidskraft gjer at inkludering berre blir viktigare i åra framover. Verksemdene må gjere det dei kan for å utnytte den arbeidskrafta som er tilgjengeleg i samfunnet.

For at dei statlege verksemdene skal klare å levere tenester med høg kvalitet, og ta initiativ til og gjennomføre dei omfattande omstillings- og utviklingstiltaka som er nemnde, er det avgjerande at verksemdene har dyktige og initiativrike leiarar og velkvalifiserte medarbeidarar. God tenesteproduksjon og vellykka omstillingstiltak må derfor sjåast i nær samanheng med vidareutvikling av arbeidsgivarpolitikken.

Arbeidsgivarpolitikken skal bidra til at staten har løns- og arbeidsvilkår som legg til rette for at verksemdene klarer å rekruttere, utvikle og halde på velkvalifiserte leiarar og medarbeidarar. Verksemdene må vere kompetente arbeidsgivarar og attraktive arbeidsplassar, som løyser samfunnsoppdraga sine og gir brukarane gode tenester.

Verksemdene må møte kompetansebehova for framtida og ha leiarar som er tydelege i utøvinga av arbeidsgivarrolla. Dei må òg legge til rette for godt partssamarbeid, tillitsbasert leiing og medverknad for dei tilsette. God utnytting av ordningane for partssamarbeid, og leiarskap der tillit står sentralt, er sentrale element i tillitsreforma. God leiarskap er ein viktig føresetnad for at medarbeidarane kan ha rom i kvardagen for å bruke kompetansen sin til beste for brukarane. Dette er eit grunnelement i tillitsreforma.

For å løyse store og komplekse samfunnsutfordringar er det nødvendig å legge til rette for nye måtar å arbeide på. Dette inngår òg som ein sentral del av tillitsreforma. Forsøksordninga for kommunar og fylkeskommunar, som regjeringa inviterte til i 2023, vil kunne bidra til å teste ut smartare organisering av kommunen sine oppgåver og verksemd.

I 2026 flyttar Statsministerens kontor og dei første departementa inn i første byggetrinn av nytt regjeringskvartal. Samlokalisering av departementa i nytt regjeringskvartal vil legge til rette for nye arbeidsformar og tettare samspel mellom einingar og departement. Lokala skal bidra til trivsel, effektivitet og produktivitet for medarbeiderane. I samband med innflyttinga i nytt regjeringskvartal, skal arbeidet med å styrkje departementsfellesskapet si evne til å samarbeide på tvers og løyse komplekse samfunnsoppdrag forsterkast, gjennom dei moglegheitene som eit nytt regjeringskvartal opnar for.

For å utløyse potensialet i nytt regjeringskvartal, er det viktig med sikre og effektive digitale fellestenester med riktig kvalitet. Frå 1. januar 2025 samlast IKT-miljøa til Utanriksdepartementet, Justis- og beredskapsdepartementet og Service- og tryggingsorganisasjonen til departementa i Digitaliseringsorganisasjonen til departementa. Den nye verksemda og etablering av ny felles IKT-plattform skal legge til rette for å effektivisere og optimalisere arbeidsprosessar i departementsfellesskapet.

Statsforvaltaren skal arbeide for best mogleg samarbeid mellom kommunar, fylkeskommunar og statleg verksemd i fylket. Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet styrkjer samordningsrolla til statsforvaltarane gjennom å forenkle og forbetre styringa. Dei ulike departementa som styrer statsforvaltaren er oppmoda om å fastsetje færre og meir overordna krav til styring og rapportering, å gi fleire felles oppdrag og meir lik og felles utforming av styringskrava. Departementa må òg sjå til at omfanget av oppgåvene er i samsvar med løyvingane på sine fagområder.

Utvalet for offentlege anskaffingar har gått gjennom regelverket for offentlege anskaffingar i NOU 2023: 26 og NOU 2024: 9 Ny lov om offentlige anskaffelser. Hovudmålet i mandatet har vore å gjere regelverket enklare og lettare tilgjengeleg og betre vareta klima- og miljøhensyn. Regjeringa arbeider vidare med forslaga frå utvalet.

Regjeringa vil kutte i konsulentbruk i staten, og har over tid pålagt statlege verksemder å arbeide for å redusere konsulentbruken på område der det ligg til rette for å bruke interne ressursar og kompetanse. Utgiftene til konsulentar sank frå om lag 13,4 mrd. kroner i 2022 til 13 mrd. kroner i 2023. I perioden 2021–2023 sank utgiftene med 4,6 pst. justert for inflasjon, ifølgje Direktoratet for forvaltning og økonomistyrings rapport om konsulentbruk i staten. Konsulentutgiftene samanhalden med lønsutgiftene er lågare i 2023 enn i 2022, samstundes som det varierer betydeleg mellom ulike statlege verksemder. Verksemdene skal rapportere om konsulentbruken i årsrapporten for 2024.

Det er òg gevinstar ved felles innkjøpsavtaler. Statens innkjøpssenter inngår og forvaltar felles innkjøpsavtaler på vegne av staten. Dei legg til rette for at staten reduserer innkjøpskostnadar med om lag 326 mill. kroner i året. Innkjøpssenteret jobbar i 2024 med å inngå nye avtaler og tiltak for å legge til rette for auka gevinstar av alle inngåtte fellesavtaler for innkjøp. Innkjøpssenteret jobbar aktivt med berekraft og sirkulære løysingar i arbeidet med avtalene, frå kjøp til kontraktsoppfølging.

Regjeringa ønskjer god demokratisk styring og kontroll av velferdstenestene. Regjeringa oppnevnte derfor i august 2022 eit utval (Støstad-utvalet) som har vurdert alternative løysingar til kommersiell drift for den delen av dei skattefinansierte velferdstenestene som blir levert av private, kommersielle aktørar. Utvalet har greidd ut korleis kommersiell drift kan fasast ut og drøfta nullprofittmodellar for kvar sektor, men òg sett på korleis verksemda til kommersielle aktørar i velferden kan regulerast strengare enn i dag. Utvalet har òg lagt fram forslag til juridisk definisjon og registrering av ideelle aktørar i offentleg finansierte velferdstenester.

Støstad-utvalet avleverte si første delutgreiing 31. januar 2024. Regjeringa vil ta stilling til tilrådingane i denne delutgreiinga hausten 2024. Utvalet sin hovudrapport vart avlevert 29. august 2024, og blir sendt på høyring hausten 2024.

Regjeringa ønskjer auka kostnadseffektivitet i bygge- og eigedomsverksemda i statleg sivil sektor. Statsbygg jobbar målretta med å styrkje prosjektstyringa og med å redusere kompleksitet, arealbruk og kvadratmeterprisar i byggeprosjekt. Ei auka utnytting av eksisterande bygningsmasse kan redusere behovet for nybygg og bidra til redusert klimafotavtrykk og ressursbruk. Eit anna område med stort potensial for effektivisering er leigeutgiftene som staten har til kontorlokale i marknaden, som i dag utgjer om lag 6 mrd. kroner per år. Det er eit mål å redusere desse utgiftene med 15 pst. frå 2020 til 2029, men med generell kostnadsauke aukar òg leigekostnadane. For å ta ut det identifiserte potensialet for innsparing er det viktig å søkje nye og meir kostnadseffektive lokale. Bruk av Statsbygg som rådgivar, og koordinering og standardisering av leigeforholda til staten, har allereie gitt staten store reduksjonar i leigeutgifter.

3 Oppfølging av oppmodingsvedtak

Nedanfor er ei oversikt over oppfølging av oppmodingsvedtak under Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet. Oversikta omfattar alle vedtak frå stortingssesjonen 2023–2024 og alle vedtak frå tidlegare sesjonar som kontroll- og konstitusjonskomiteen i Innst. 239 S (2023–2024) meinte ikkje var følgde opp ferdig. I tabellen nedanfor blir det òg opplyst om departementet planlegg at rapporteringa knytt til oppmodingsvedtaket no blir avslutta eller om departementet vil rapportere konkret på vedtaket òg i budsjettproposisjonen for neste år.

Tabell 3.1 Oversikt over oppmodingsvedtak, ordna etter sesjon og nummer

Sesjon

Vedtak nr.

Stikkord

Rapporteringa blir avslutta (Ja/Nei)

2023–2024

501

Forbod mot åtferdsbasert marknadsføring retta mot barn og unge

Nei

2023–2024

625

Inkludere fleire med funksjonshindringar og hol i CV-en i arbeidslivet i staten

Nei

2023–2024

718

Forbod mot utvinning av kryptovaluta

Nei

2022–2023

196

Konsekvensar ved eit norsk forbod mot atferdsbasert reklame

Nei

2022–2023

197

Lagring av biometriske data frå sosiale medieplattformer

Nei

2022–2023

583

Tilgjengeliggjering av data ved inngåing av offentlege kontraktar

Nei

2022–2023

922

Etablering av solceller og/eller lokalprodusert energi på nye statlege byggeprosjekt

Ja

2021–2022

35 nr. 42

Auka openheit i verksemda til private tilbydarar av offentleg finansierte velferdstenester

Nei

2021–2022

35 nr. 43

Krav om organisering i sjølvstendig rettssubjekt for selskap som leverer offentleg finansierte velferdstenester

Nei

2021–2022

413

Leiarløningar i staten

Ja

2020–2021

1066

Mobil- og internettdekning langs eksisterande riksvegar

Ja

Stortingssesjon 2023–2024

Forbod mot åtferdsbasert marknadsføring retta mot barn og unge

Vedtak nr. 501, 5. mars 2024

«Stortinget ber regjeringen i forbindelse med implementering av forordningen om digitale tjenester om å sikre et forbud mot adferdsbasert markedsføring rettet mot barn og unge.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er representantforslag frå stortingsrepresentantane Olaug Vervik Bollestad, Dag-Inge Ulstein og Kjell Ingolf Ropstad om en verifiserbar aldersgrense for sosiale medium og regulering av innhald og reklame retta mot barn, jf. Dokument 8:247 S (2022–2023) og Innst. 191 S (2023–2024).

Då Digital Services ACT (DSA) var under utarbeiding i EU, fremja regjeringa ein posisjon frå Noreg der regjeringa mellom anna foreslo eit forbod mot åtferdsbasert marknadsføring retta mot barn og unge. I forordninga som er vedtatt i EU ligg det inne eit forbod mot åtferdsbasert reklame til mindreårige basert på profilering ved bruk av personopplysningane deira, når plattforma med rimeleg sikkerheit kan fastslå at mottakaren av tenesta er mindreårig.

DSA er ei indre marknadsregulering, og er EØS-relevant og aktuell for innlemming i EØS-avtala. Ei eventuell nasjonal gjennomføring av forordninga vil krevje lovendring.

Regjeringa vil kome tilbake til Stortinget om saka på eigna måte.

Inkludere fleire med funksjonshindringar og hol i CV-en i arbeidslivet i staten

Vedtak nr. 625, 7. mai 2024

«Stortinget ber regjeringen igangsette et arbeid for å utrede ytterligere og sterkere tiltak for å inkludere flere mennesker med funksjonshindre og flere mennesker med hull i CV-en i arbeidslivet i staten, inkludert tiltak i statens arbeidsgiverpolitikk samt tiltak for å bygge ned samfunnskapte funksjonshindre og diskriminering, og komme tilbake til Stortinget med forslag innen utgangen av vårsesjonen 2025.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er representantforslag frå stortingsrepresentantane Henrik Asheim, Anna Molberg, Aleksander Stokkebø, Mudassar Kapur, Sveinung Rotevatn og Dag-Inge Ulstein om å innføre inkluderingsmål i statleg og kommunalt arbeidsliv, jf. Dokument 8:105 S (2023–2024) og Innst. 289 S (2023–2024).

Regjeringa har stor merksemd på inkludering og mangfald i staten. Vi treng tilgjengeleg kompetanse, og staten treng den kompetansen som mange av dei med funksjonsnedsetjing og hol i CV-en har. Det er sett i gang mange tiltak, og regjeringa ser no på ytterlegare tiltak for å få fleire som står utanfor arbeidslivet inn i staten.

Regjeringa vil kome tilbake til Stortinget på eigna måte i vårsesjonen 2025.

Forbod mot utvinning av kryptovaluta

Vedtak nr. 718, 6. juni 2024

«Stortinget ber regjeringen utrede et forbud mot utvinning av kryptovaluta i Norge og komme tilbake til Stortinget senest i forbindelse med fremleggelsen av statsbudsjettet for 2025.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er representantforslag frå stortingsrepresentantane Birgit Oline Kjerstad og Lars Haltbrekken om konsesjon på datasentre, jf. Dokument 8:106 S (2023–2024) og Innst. 383 S (2023–2024).

Regjeringa har ein klar intensjon om å avgrense utvinning av kryptovaluta mest mogleg og har sett i gang eit arbeid for å vurdere handlingsrommet for korleis vi kan gjere det. Forbod mot utvinning er eit av tiltaka som blir vurdert. Ei førebels vurdering syner at ei rekke EØS-rettslege forhold må greiast ut nærare før vi kan gå vidare med ei eventuell regulering av utvinning av kryptovaluta, mellom anna eit eventuelt forbod. Kva som vil vere mogleg innanfor dei EØS-rettslege rammene avheng av korleis ei ordning blir utforma, mellom anna kva for konkrete omsyn myndigheitene vil bygge reguleringa på. Ordninga må kunne avgrensast til utvinning av kryptovaluta. Mindre inngripande ordningar enn forbod vil vere lettare foreinleg med Noreg sine EØS-rettslege forpliktingar enn eit totalforbod.

Regjeringa vil kome tilbake til Stortinget på eigna måte når forbod er greidd ut nærare.

Stortingssesjon 2022–2023

Konsekvensar ved eit norsk forbod mot atferdsbasert reklame

Vedtak nr. 196, 12. desember 2022

«Stortinget ber regjeringen vurdere hvilket handlingsrom Norge har til å regulere digitale tjenester utover reguleringen i Digital Services Act og Digital Markets Act, med tanke på å vurdere konsekvenser ved et norsk forbud mot reklame som er basert på masseinnsamling av personopplysninger, sporing og profilering av enkeltpersoner på digitale plattformer. Vurderingen skal omfatte både innhentingen, bruken og eventuelt salg/utlevering av personopplysningene.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er representantforslag frå stortingsrepresentantane Guri Melby, Sveinung Rotevatn, Ingvild Wetrhus Thorsvik, Grunde Almeland og Alfred Jens Bjørlo om betre personvern på sosiale media, jf. Dokument 8:167 S (2021–2022) og Innst. 100 S (2022–2023).

Departementet er opptatt av ein god digitaliseringspolitikk som tar vare på både personvernet og næringsinteresser. Departementet vurderer derfor, i dialog med andre departement som saka rører ved, korleis oppmodingsvedtaket best kan følgjast opp. Det blir arbeidd med eit mandat for utgreiing av dei ulike sidene ved oppmodingsvedtaket. I dette arbeidet ser departementet hen til arbeidet med å gjennomføre Digital Services Act og Digital Markets Act, jf. vedtak nr. 501, 5. mars 2024, og arbeidet med å trygge barn på nett. Regjeringa prioriterer disse arbeida høgt.

Departementet vil kome tilbake til Stortinget på eigna måte.

Lagring av biometriske data frå sosiale medieplattformer

Vedtak nr. 197, 12. desember 2022

«Stortinget ber regjeringen utrede omfanget av og utfordringene rundt lagring av biometriske data fra norske forbrukere på sosiale medieplattformer.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er representantforslag frå stortingsrepresentantane Guri Melby, Sveinung Rotevatn, Ingvild Wetrhus Thorsvik, Grunde Almeland og Alfred Jens Bjørlo om betre personvern på sosiale media, jf. Dokument 8:167 S (2021–2022) og Innst. 100 S (2022–2023).

Departementet tar sikte på å følgje opp oppmodingsvedtaket i samband med oppfølginga av personvernkommisjonens rapport NOU 2022: 11 Ditt personvern – vårt felles ansvar.

Departementet vil kome tilbake til Stortinget på eigna måte.

Tilgjengeliggjering av data ved inngåing av offentlege kontraktar

Vedtak nr. 583, 13. april 2023

«Stortinget ber regjeringen stille krav om at data gjøres tilgjengelig ved inngåelse av offentlige kontrakter, der det vurderes hensiktsmessig.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er representantforslag frå stortingsrepresentantane Linda Hofstad Helleland, Nikolai Astrup, Anne Kristine Linnestad og Heidi Nordby Lunde om datadreven industri, jf. Dokument 8:73 S (2022–2023) og Innst. 238 S (2022–2023).

Statens standardavtaler (SSA) er dei kontraktane som er mest brukt når det offentlege inngår avtaler om kjøp av IT og konsulenttenester. Som eit ledd i oppfølginga av Meld. St. 22 (2020–2021) Data som ressurs – datadrevet økonomi og innovasjon, fekk Direktoratet for forvaltning og økonomistyring i 2022 i oppdrag å vurdere om det var bruk for endringar i SSA for å legge betre til rette for deling og gjenbruk av data. Direktoratet for forvaltning og økonomistyring har utarbeidd ein rapport med forslag til tiltak, som mellom anna foreslår endringar i nokre av kontraktsmalane, kombinert med betre rettleiing i bruken av desse. Det er komplekse problemstillingar knytte til gjennomføring av dei faktiske endringane det er behov for i kontraktsmalane. Arbeidet tar derfor lengre tid enn først planlagt. Departementet vil i samarbeid med Finansdepartementet og Nærings- og fiskeridepartementet følgje opp overfor Direktoratet for forvaltning og økonomistyring for gjennomføring av ei tilleggsutgreiing av ovannemnde rapport. Det blir tatt sikte på gjennomføring i løpet av første halvår i 2025.

Departementet vil kome tilbake til Stortinget på eigna måte.

Etablering av solceller og/eller lokalprodusert energi på nye statlege byggeprosjekt

Vedtak nr. 922, 16. juni 2023

«Stortinget ber regjeringen stille krav om at det skal etableres solceller og/eller lokalprodusert energi på alle nye statlige byggeprosjekter med oppstart av et forprosjekt i 2024, der ikke spesielle hensyn tilsier noe annet. Kravet skal også gjelde ved større oppgraderinger og rehabiliteringer.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 118 S (2022–2023) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2023 og Innst. 490 S (2022–2023).

Oppdragsdepartementet er ansvarleg for innhaldet i byggeprosjekta i sin sektor. Departementet orienterte Statsbygg og utvalde departement i desember 2023 om at oppdragsdepartementet skal inkludere lokal fornybar energiproduksjon, inkludert fjernvarme og overskotsvarme, i framtidige byggeprosjekt i statleg sivil sektor når det er lønsamt over levetida til investeringa. Byggeprosjekta skal i tillegg bli planlagde og gjennomførte med ein energistandard som minimum oppfyller passivhusstandard, med mindre særskilte omsyn tilseier noko anna.

Departementet meiner med dette at oppmodingsvedtaket er følgt opp.

Stortingssesjon 2021–2022

Auka openheit i verksemda til private tilbydarar av offentleg finansierte velferdstenester

Vedtak nr. 35 nr. 42, 2. desember 2021

«Stortinget ber regjeringen fremme nødvendige tiltak for å sikre økt åpenhet og transparens i virksomheten til private tilbydere av offentlig finansierte velferdstjenester, herunder et offentlig register over alle private virksomheter som leverer offentlig finansierte velferdstjenester.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 1 (2021–2022) Nasjonalbudsjettet 2022 og Innst. 2 S (2021–2022).

Problemstillingane har blitt utgreia som ein del av Støstad-utvalet sitt arbeid. Utvalet la fram delrapporten NOU 2024: 1 Definisjon og registrering av ideelle velferdsaktører 31. januar 2024. Sluttrapporten, NOU 2024: 17 Kommersielle og ideelle aktørers rolle i fellesskapets velferdstjenester, vart levert 29. august 2024, og er no til behandling i Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet.

Departementet vil kome tilbake til Stortinget på eigna måte.

Krav om organisering i sjølvstendig rettssubjekt for selskap som leverer offentleg finansierte velferdstenester

Vedtak nr. 35 nr. 43, 2. desember 2021

«Stortinget ber regjeringen utrede forslag om å stille krav til at selskaper som leverer offentlig finansierte velferdstjenester, organiseres i egne rettssubjekter hvor det ikke er tillatt å drive annen virksomhet enn offentlig finansierte velferdstjenester.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 1 (2021–2022) Nasjonalbudsjettet 2022 og Innst. 2 S (2021–2022).

Støstad-utvalet har hatt som ein del av mandatet sitt å vurdere korleis kommersielle aktørar kan regulerast sterkare. Eit krav om organisering av slik verksemd som sjølvstendig rettssubjekt, er eitt av fleire døme på tiltak som utvalet har vurdert.

Utvalet la fram delrapporten NOU 2024: 1 Definisjon og registrering av ideelle velferdsaktører 31. januar 2024. Sluttrapporten, NOU 2024: 17 Kommersielle og ideelle aktørers rolle i fellesskapets velferdstjenester, vart levert 29. august 2024, og er no til behandling i Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet.

Departementet vil kome tilbake til Stortinget på eigna måte.

Leiarløningar i staten

Vedtak nr. 413, 3. mars 2022

«Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget på egnet måte når utvalget som skal gjennomgå lederlønnssystemet i staten, har lagt frem sin rapport.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er representantforslag frå stortingsrepresentantane Kirsti Bergstø, Audun Lysbakken, Grete Wold og Freddy André Øvstegård om lønsmoderasjon for høgtlønte i staten, jf. Dokument 8:22 S (2021–2022) og Innst. 156 S (2021–2022).

Leiarlønsutvalet overleverte sin rapport i 2022. Regjeringa er opptatt av å bidra til å rekruttere og behalde dyktige leiarar i staten, samstundes som det skal sikrast at leiarlønsutviklinga ikkje overskrid det som er gjennomsnittleg lønsutvikling i samfunnet. I Hurdalsplattforma går det fram at regjeringa vil lage nye retningslinjer for leiarløningar og andre type godtgjersler for leiarar i staten, som bidrar til reduserte lønsforskjellar. Rapporten frå utvalet er eit viktig bidrag i dette arbeidet.

Regjeringa må halde seg til inngåtte tariffavtaler med hovudsamanslutningane, og kan ikkje einsidig endre systema for korleis ein løner leiarar i staten. Regjeringa ønskte å forhandle om systemet for leiarløningar ved hovudtariffoppgjeret i staten i 2024, men denne tidsplanen måtte utsetjast fordi andre saker i forhandlingane vart prioriterte. Det vil vere tett dialog med hovudsamanslutningane i det vidare arbeidet.

Departementet meiner med dette at oppmodingsvedtaket er følgt opp.

Stortingssesjon 2020–2021

Mobil- og internettdekning langs eksisterande riksvegar

Vedtak nr. 1066, 1. juni 2021

«Stortinget ber regjeringen utarbeide en plan for utbygging av mobil- og internettdekning langs eksisterende riksveier, som spesifiserer dekningshull og kostnadene for utbedring av disse, og innarbeide dette i revidert nasjonalbudsjett for 2022.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 28 (2020-2021) Vår felles digitale grunnmur - Mobil-, bredbånds- og internettjenester, Dokument 8:151 S (2020-2021) og Innst. 511 S (2020-2021).

I Prop. 1 S (2023-2024) for Kommunal- og distriktsdepartementet vart det opplyst at departementet arbeidde med ei ny utgreiing, som inneber å komplettere eksisterande utgreiingsresultat med fleire målingar langs enda fleire riksvegar. Målet var eit meir presist situasjonsbilete og eit betre grunnlag for å estimere kostnadane knytte til å utbetre dekningshol langs riksvegnettet. Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet fekk denne nye utgreiinga, der dekningshol langs alle riksvegar i landet er målt, i august 2024. Rapporten er no til vurdering i departementet. Vidare oppfølging vil bli vurdert i dei årlege budsjetta.

Departementet meiner med dette at oppmodingsvedtaket er følgt opp.

4 Oversikt over budsjettforslaget

4.1 Utgifter fordelte på programkategori og kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2023

Saldert budsjett 2024

Forslag 2025

Endring i pst.

Det kongelege hus

1

H.M. Kongen og H.M. Dronninga

259 240

279 250

303 869

8,8

2

H.K.H. Kronprinsen og H.K.H. Kronprinsessa

11 740

12 292

12 956

5,4

Sum kategori 00.10

270 980

291 542

316 825

8,7

Sum programområde 00

270 980

291 542

316 825

8,7

Administrasjon

1500

Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet

9 612

426 344

431 005

1,1

Sum kategori 01.00

9 612

426 344

431 005

1,1

Fellestenester for departementa og Statsministerens kontor

1510

Tryggings- og serviceorganisasjonen til departementa

1 141 873

1 069 916

853 660

-20,2

1511

Prosjekt tilknytte nytt regjeringskvartal

59 743

549 520

754 642

37,3

1512

Diverse fellestenester

180 796

196 256

179 054

-8,8

1515

Digitaliseringsorganisasjonen til departementa

770 248

100,0

Sum kategori 01.10

1 382 412

1 815 692

2 557 604

40,9

Statsforvaltarane

1520

Statsforvaltarane

2 121 375

2 360 876

2 480 679

5,1

Sum kategori 01.20

2 121 375

2 360 876

2 480 679

5,1

Statlege byggeprosjekt og eigedomsforvaltning

1530

Byggeprosjekt utanfor husleigeordninga

3 726 585

5 759 981

7 176 981

24,6

1531

Eigedomar til kongelege føremål

90 612

74 311

87 104

17,2

1533

Eigedomar utanfor husleigeordninga

75 670

62 947

63 708

1,2

2445

Statsbygg

8 173 729

7 734 502

7 477 548

-3,3

Sum kategori 01.30

12 066 596

13 631 741

14 805 341

8,6

Forvaltningsutvikling, IT- og ekompolitikk

1540

Digitaliseringsdirektoratet

1 030 032

1 079 374

1 250 150

15,8

1541

IT- og ekompolitikk

449 008

450 863

578 477

28,3

1542

Internasjonalt samarbeid

390 803

481 882

369 308

-23,4

1543

Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit

527 538

475 543

492 538

3,6

Sum kategori 01.40

2 397 381

2 487 662

2 690 473

8,2

Personvern

1550

Datatilsynet

81 413

82 241

84 979

3,3

1551

Personvernnemnda

2 524

2 778

2 858

2,9

Sum kategori 01.50

83 937

85 019

87 837

3,3

Statleg arbeidsgivarpolitikk

1560

Tariffavtalte avsetningar mv.

310 777

278 100

276 600

-0,5

1565

Bustadlånsordninga i Statens pensjonskasse

31 076 167

19 454 000

7 663 000

-60,6

1566

Yrkesskadeforsikring

88 382

95 000

95 000

0,0

1567

Gruppelivsforsikring

251 147

240 000

260 000

8,3

Sum kategori 01.60

31 726 473

20 067 100

8 294 600

-58,7

Sum programområde 01

49 787 786

40 874 434

31 347 539

-23,3

Sum utgifter

50 058 766

41 165 976

31 664 364

-23,1

4.2 Inntekter fordelte på programkategori og kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2023

Saldert budsjett 2024

Forslag 2025

Endring i pst.

Fellestenester for departementa og Statsministerens kontor

4510

Tryggings- og serviceorganisasjonen til departementa

208 730

117 739

88 413

-24,9

4515

Digitaliseringsorganisasjonen til departementa

33 800

100,0

Sum kategori 01.10

208 730

117 739

122 213

3,8

Statsforvaltarane

4520

Statsforvaltarane

69 995

89 047

92 431

3,8

Sum kategori 01.20

69 995

89 047

92 431

3,8

Statlege byggeprosjekt og eigedomsforvaltning

4531

Eigedomar til kongelege føremål

81

0,0

4533

Eigedomar utanfor husleigeordninga

5 989

5 366

5 570

3,8

5445

Statsbygg

29 702

0,0

Sum kategori 01.30

35 772

5 366

5 570

3,8

Forvaltningsutvikling, IT- og ekompolitikk

4540

Digitaliseringsdirektoratet

351 018

318 785

352 972

10,7

4542

Internasjonalt samarbeid

3 255

3 541

3 335

-5,8

4543

Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit

609 670

583 922

887 434

52,0

5579

Sektoravgifter under Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet

260 650

281 165

295 614

5,1

Sum kategori 01.40

1 224 593

1 187 413

1 539 355

29,6

Personvern

4550

Datatilsynet

98 346

0,0

Sum kategori 01.50

98 346

0,0

Statleg arbeidsgivarpolitikk

4565

Bustadlånsordninga i Statens pensjonskasse

8 881 121

9 447 000

15 546 000

64,6

4566

Yrkesskadeforsikring

80 520

85 000

89 000

4,7

4567

Gruppelivsforsikring

139 623

143 000

146 000

2,1

5607

Renter av bustadlånsordninga i Statens pensjonskasse

2 088 475

2 716 000

3 944 000

45,2

Sum kategori 01.60

11 189 739

12 391 000

19 725 000

59,2

Sum programområde 01

12 827 175

13 790 565

21 484 569

55,8

Sum inntekter

12 827 175

13 790 565

21 484 569

55,8

Fotnotar

1.

OECD. (2024). Digital Government Index 2023.

Til forsida