Prop. 1 S (2024–2025)

FOR BUDSJETTÅRET 2025 — Utgiftskapittel: 600–672, 2470, 2541–2542, 2620–2686 Inntektskapittel: 3605–3672, 5470, 5701–5705

Til innhaldsliste

Del 2
Budsjettforslag

6 Arbeids- og inkluderingsdepartementets budsjettforslag for 2025

Desse måla er fastsette for ansvarsområdet til Arbeids- og inkluderingsdepartementet:

  1. Ein velfungerande arbeidsmarknad med god utnytting av arbeidskrafta

  2. Eit sikkert og seriøst arbeidsliv

  3. Redusere sjukefråvær og fråfall frå arbeidslivet

  4. God inkludering av utsette grupper i arbeidsmarknaden

  5. God integrering av innvandrarar i arbeid og samfunn

  6. Inntektssikringsordningar som gir økonomisk tryggleik og samtidig stimulerer til arbeid

  7. Gode og føreseielege pensjonar for dagens og framtidige generasjonar

  8. Inkludering i samfunnet og gode levekår for dei mest vanskelegstilte

Høg sysselsetting er avgjerande for å sikre eit berekraftig velferdssamfunn. Ein stor arbeidsstyrke med relevant kompetanse er den viktigaste ressursen vi har, og han må forvaltast godt. Faste heile stillingar skal vere hovudregelen i norsk arbeidsliv. Det gir god utnytting av arbeidskrafta og gjer arbeidslivet meir trygt og føreseieleg for den enkelte. Samtidig er det viktig å legge til rette for fleksibilitet i arbeidslivet og gi tilpassingar til dei som treng det, bl.a. gjennom deltidsstillingar for personar med nedsett arbeidsevne.

Eit sikkert og seriøst arbeidsliv med arbeidsplassar der gode arbeidsforhold er varetatt, kan bidra til auka inkludering og redusert sjukefråvær og motverke for tidleg fråfall frå arbeidslivet. Høgt sjukefråvær og fråfall frå arbeidslivet har betydelege konsekvensar både for den enkelte og for samfunnet. God oppfølging av sjukmelde, særleg ved lengre sjukefråvær, er også viktig for å motverke varig fråfall frå arbeidslivet og fleire på uføretrygd.

I Meld. St. 31 (2023–2024) Perspektivmeldingen 2024 og Meld. St. 33 (2023–2024) En forsterket arbeidslinje har regjeringa sett eit mål om at sysselsettingandelen skal vere på 82 pst. av befolkninga i aldersgruppa 20–64 år innan 2030. Innan 2035 skal sysselsettinga auke til 83 pst. for same aldersgruppe. For å nå målet vil regjeringa føre ein aktiv politikk for å få fleire i arbeid og færre på trygd.

Mange av dei som står utanfor arbeidslivet, har behov for samordna bistand og oppfølging frå arbeids- og velferdsforvaltninga og helsetenestene og treng tilgang til eit tilpassa opplæringstilbod for å skaffe seg den kompetansen som arbeidsmarknaden etterspør. Hjelpemiddel frå folketrygda, saman med andre tilretteleggingsfunksjonar i skole, arbeidsliv og daglegliv, skal bidra til at personar med nedsett funksjonsevne kan delta i arbeidsliv og samfunn på lik linje med andre. Arbeidsmarknadstiltak skal styrke moglegheitene for at fleire kjem i jobb.

Mange innvandrarar har ikkje tilstrekkelege norskferdigheiter til å kunne delta i arbeid, utdanning og samfunnet elles. God integrering, bl.a. gjennom eit målretta og fleksibelt opplæringstilbod, og at nykomne flyktningar blir busette i kommunar med relevante tilbod om kvalifisering, utdanning og arbeid, vil bidra til at fleire innvandrarar får stabil tilknyting til arbeidslivet.

Inntektssikringsordningar gir økonomisk tryggleik til personar som midlertidig eller varig ikkje kan delta i arbeidslivet, og bidrar til utjamning av inntekt og levekår. Denne tryggleiken legg til rette for at personar kan delta i samfunnet sjølv om dei ikkje er i stand til å delta i arbeidslivet. Inntektssikringsordningane, og særleg dagpengeordninga, dempar dei konjunkturelle svingingane i økonomien ved at dei som blir arbeidsledige eller midlertidig står utanfor arbeidslivet, held ved lag mykje av kjøpekrafta si gjennom auka statlege overføringar. Tilsvarande blir dei statlege overføringane reduserte når fleire kjem i arbeid. Dette blir gjerne omtalt som automatiske stabilisatorar i den økonomiske politikken. Samtidig må ordningane støtte opp om arbeidslinja ved at det skal lønne seg å jobbe. Det er avgjerande for høg sysselsetting. Inntektssikring gjennom folketrygda er også viktig for evna og viljen til å ta risiko og støttar opp om omstillingsevna i arbeidslivet.

Pensjonsreforma skal bidra til at dagens og framtidige generasjonar får gode og føreseielege pensjonar. Etter kvart som andelen eldre i befolkninga aukar, blir yrkesaktiviteten blant eldre stadig viktigare. Fleksibilitet og betre insentiv i pensjonssystemet skal stimulere eldre til å stå lenger i arbeid og gjer at vi kan forvente eit auka arbeidstilbod frå eldre arbeidstakarar i tida framover.

Trass i universelle velferdsordningar og ein godt utbygd velferdsstat kan enkeltpersonar og familiar oppleve fattigdom og låginntekt. Det største skiljet i levekår går mellom dei som er i arbeid, og dei som står utanfor. Å delta i arbeidslivet er viktig for sosial tilhøyrsel og fellesskap i tillegg til at det gir den enkelte eit sjølvstendig økonomisk livsgrunnlag. Det sosiale sikkerheitsnettet skal bidra til at alle kan delta på ulike samfunnsarenaer, og motverke at personar fell utanfor sosiale fellesskap på grunn av låg inntekt og dårlege levekår.

6.1 Ein velfungerande arbeidsmarknad med god utnytting av arbeidskrafta

Høg yrkesdeltaking og ein velfungerande arbeidsmarknad er ein føresetnad for høg verdiskaping og for å sikre eit berekraftig velferdssamfunn. For at vi skal kunne løyse oppgåvene som ligg framfor oss og trygge velferda, er det avgjerande at flest mogleg deltar i arbeidslivet.

Med Meld. St. 33 (2023–2024) forsterkar regjeringa arbeidslinja og ønsker å føre ein meir aktiv politikk for å få fleire i arbeid og færre på trygd. Arbeidsmarknadspolitikken skal gi høg deltaking i arbeidslivet og legge til rette for at verksemder får tak i den arbeidskrafta dei treng. Han skal motverke uønskt avgang frå arbeidslivet og støtte opp om at folk blir verande i jobb. Regjeringa vil mobilisere, motivere og kvalifisere fleire av dei som i dag står utan arbeid og styrke moglegheitene deira til å komme i jobb. Det er også viktig å redusere hinder og barrierar for arbeidsgivarar som treng folk til verksemda og støtte opp om moglegheitene deira til å inkludere og kvalifisere personar med den arbeidsevna dei har. I Meld. St. 33 (2023–2024) En forsterket arbeidslinje gjer regjeringa greie for korleis arbeidsmarknadspolitikken skal rettes inn for få fleire i jobb og færre på trygd. Dei mest sentrale innsatsområda er omtala i boks 6.1.

Boks 6.1 Sentrale innsatsområde i Meld. St. 33 (2023–2024) En forsterket arbeidslinje – flere i jobb og færre på trygd

For å få fleire i arbeid inviterer regjeringa Stortinget til ein kraftfull arbeidsmarknadspolitisk innsats. Regjeringa løftar særleg frem følgande innsatsområde:

  • Trappe opp og forbetre bruken av arbeidsmarknadstiltak for å få fleire i arbeid og færre på trygd. Regjeringa vil bl.a. legge til rette for betre fleksibilitet i opplæringstiltaket og etablere nye forsøk med lønnstilskot.

  • Forsterke og vidareutvikle innsatsen overfor unge og støtte opp under ungdomsgarantien. Regjeringa vil bl.a. etablere forsøk med arbeidsretta ungdomsprogram med rett til ei ny ungdomsyting, der nedsett helsetilstand ikkje er eit inngangsvilkår. Inntektsikringsordninga føreset at arbeidsretta aktivitet blir gjennomført.

  • Satse på auka kompetanse og meir stabil tilknyting til arbeidslivet.

  • Samarbeide om meir koordinerte tenester frå arbeidsmarknads-, utdannings- og helsesektoren.

  • Legge til rette for ein tillits- og kunnskapsbasert gjennomføring av arbeidsmarknadspolitikken.

Omtalen av dette målet må også sjåast i samanheng med punkt 6.4 God inkludering av utsette grupper i arbeidsmarknaden.

6.1.1 Formidling og arbeidsmarknadstiltak

Ein velfungerande arbeidsmarknad krev at arbeidsgivarar som har behov for arbeidskraft, og arbeidsøkarar som har relevant kompetanse raskt kan finne kvarandre. Det føreset informasjon om både jobbmoglegheiter og aktuelle søkarar og effektive møteplassar. Arbeids- og velferdsetaten har ei viktig rolle i å gi mest mogleg fullstendig informasjon om stillingsmarknaden. Etaten har også ei viktig rolle i å tilby individuelt tilpassa formidlingsbistand til dei som ikkje kjem i jobb på eiga hand, og rekrutteringsbistand til arbeidsgivarar som ønsker å tilsette personar med bistandsbehov.

Rekruttering og formidling av arbeidskraft frå og til EØS-området skjer bl.a. gjennom samarbeidet mellom arbeidsmarknadsmyndigheitene i EØS-landa og Sveits i EURES-nettverket (European Employment Services), sjå også punkt 6.1.4 Arbeidsinnvandring.

Arbeidsmarknadstiltaka er sentrale for å få fleire i arbeid. Tiltaka skal betre arbeidsevna til den enkelte og styrke moglegheitene i arbeidsmarknaden for personar som står utanfor. Tiltaka skal også senke terskelen for å komme inn i arbeidslivet og støtte opp om arbeidsgivarane si evne til å inkludere fleire i verksemda. Målet er å forhindre at personar fell ut av arbeidslivet og blir ståande varig utanfor.

Regjeringa foreslår å auke løyvinga til arbeidsmarknadstiltak, inkludert personellressursar, med 468 mill. kroner i 2025. Det vil kunne bidra til at fleire som står utanfor får tilbod om kvalifisering og bistand til å komme i jobb. Auken i løyvinga er første skritt i å følge opp politikken som er varsla i Meld. St. 33 (2023–2024) En forsterket arbeidslinje.

Arbeids- og velferdsetaten skal nytte tiltaksløyvinga best mogleg ut frå situasjonen i arbeidsmarknaden og behovet til den enkelte. Personar med nedsett arbeidsevne utgjer ei stor gruppe som potensielt kan komme i arbeid, men mange treng arbeidsretta bistand for å komme dit. Om lag åtte av ti deltakarar i arbeidsmarknadstiltak i 2023 hadde nedsett arbeidsevne.

Nokre grupper kan vere særleg utsette i arbeidsmarknaden, som unge, langtidsledige, og innvandrarar frå land utanfor EØS-området. Den sistnemnde gruppa inkluderer også fordrivne frå Ukraina. Det er særleg viktig å tidleg fange opp unge som står i fare for å falle ut av arbeidslivet, slik at dei får nødvendig bistand til å fullføre utdanning og komme i arbeid.

Ungdomsgarantien skal sikre at unge får tett oppfølging frå Arbeids- og velferdsetaten heilt til dei kjem i arbeid. Garantien inneber ei forplikting overfor unge, og skal redusere passive periodar utanfor arbeid og utdanning. Han gir også moglegheit for eit tettare samarbeid med utdanningsmyndigheitene og helsetenesta. Målet er varig tilknyting til arbeidslivet og nedgang i andelen som får helserelaterte ytingar. Regjeringa vil vidareutvikle og styrke innsatsen overfor unge, bl.a. ved å sette i gang forsøk med arbeidsretta ungdomsprogram, utvikle betre lågterskeltilbod og etablere forsøk med langvarig lønnstilskot. For nærmare omtale sjå punkt 6.4 God inkludering av utsette grupper i arbeidsmarknaden. Sjå også programkategori 09.30 Arbeidsmarknad for nærmare omtale av arbeidsmarknadstiltaka.

6.1.2 Motverke langtidsarbeidsløyse

Å stå lenge utanfor arbeidslivet kan redusere sannsynet for å komme tilbake i jobb. Motivasjonen for å søke jobb kan svekkast i tillegg til at den enkelte ikkje held ved like ferdigheiter og går glipp av kompetansehevinga som skjer gjennom arbeid.

Talet på dei som har vore samanhengande heilt ledige i seks månader eller meir har vore høgare i første halvår 2024 samanlikna med same periode i 2023. Mange langtidsledige har behov for ekstra innsats i form av oppfølging frå NAV-kontoret og deltaking i arbeidsmarknadstiltak for å komme tilbake i arbeid. Det er viktig at desse blir sikra nødvendig arbeidsretta bistand. Frischsenteret og Proba Samfunnsanalyse gjennomførte ei evaluering av den forsterka innsatsen for langtidsledige som blei innført i 2017. Studien viste at innsatsen i lita grad endra oppfølginga av dei med kort tid igjen av dagpengane, og det var heller ikkje mogleg å finne at innsatsen hadde auka sjansane deira for å komme i arbeid.1

6.1.3 Dagpengeordninga

Dagpengeregelverket skal saman med permitteringsordninga støtte opp under arbeidslinja og omstillingar.

Dagpengeordninga skal sikre delvis kompensasjon for bortfall av arbeidsinntekt ved arbeidsløyse i ein avgrensa periode. Dagpengane blir berekna på grunnlag av tidlegare arbeidsinntekt. Det gir insentiv til å opparbeide seg rettar til dagpengar gjennom arbeid. Samtidig er ordninga utforma med sikte på å motivere til aktiv jobbsøking, bl.a. gjennom aktivitetskrav, mobilitetskrav og sanksjonar. Det skal bidra til rask overgang til arbeid og til god tilgang på arbeidskraft til verksemder som treng det. Derfor må dagpengemottakarar vere villige til å flytte for å få arbeid eller til å skifte yrke. Mobilitetskrava i regelverket understrekar at dei som får dagpengar, skal vere reelle arbeidssøkarar.

Sjå programkategori 33.30 Arbeidsliv for nærmare omtale av dagpengeordninga og permitteringsregelverket.

6.1.4 Arbeidsinnvandring

Når etterspørselen etter arbeidskraft ikkje kan dekkast innanlands, kan arbeidsgivarar rekruttere frå utlandet. Noreg har sida 1954 vore ein del av ein felles nordisk arbeidsmarknad, og med EØS-avtalen og EFTA-konvensjonen er Noreg ein del av den felles europeiske arbeidsmarknaden. I tillegg er det mogleg å rekruttere arbeidskraft frå land utanfor EØS-området.

Arbeids- og velferdsetaten samarbeider med andre arbeidsmarknadsmyndigheiter i EØS-landa og Sveits gjennom EURES-nettverket (European Employment Services) for å hjelpe arbeidsgivarar som har behov for å rekruttere arbeidskraft frå EØS-området, eller hjelpe personar som ønsker å søke jobb i andre EØS-land. EURES-samarbeidet blir vidareført i Det europeiske arbeidsmarknadsbyrået (European Labour Authority, ELA).

Rekruttering av arbeidskraft frå land utanfor EØS omfattar i hovudsak faglærte arbeidstakarar, utsende tenesteytarar og sesongarbeidarar. Desse må ha opphaldsløyve for å kunne arbeide i Noreg. Faglærte må oppfylle ei rekke vilkår for å få eit slikt løyve. For å sikre rask rekruttering av fagkompetanse kan Utlendingsdirektoratet (UDI) innvilge opphaldsløyve etter ein forenkla prosedyre, utan krav til vurdering av om stillinga kan fyllast av arbeidskraft i Noreg eller frå EØS. Ein kvote for faglærte blei innført i 2002 og har fungert som eit tak for kor mange løyve som kan innvilgast årleg etter ein forenkla prosedyre. Faglærtkvoten blei auka frå 5 000 til 6 000 løyve i 2022 på grunn av auka rekruttering frå tredjeland, bl.a. som følge av at britiske borgarar no er omfatta av tredjelandsregelverket. Søknader om opphaldsløyve på grunn av arbeid er prioriterte i saksbehandlinga hos UDI.

Ein stor andel av arbeidsinnvandrarane har integreringsutfordringar. Dei manglar norskferdigheiter, deltar lite i frivillig arbeid og politikk og opplever lite tilhøyrsel. Sjå omtale under punkt 6.5.2 Innvandrarar kjem i jobb og får ei stabil tilknyting til arbeidslivet.

6.2 Eit sikkert og seriøst arbeidsliv

Den norske arbeidslivsmodellen bygger på høg organisasjonsgrad for arbeidstakarar og arbeidsgivarar, partssamarbeid, medverknad og medråderett på arbeidsplassane. Regjeringa vil jobbe i nært samarbeid med partane for å sikre eit seriøst og organisert arbeidsliv med høg grad av tariffdekning.

Arbeidsforholda i Noreg er i hovudsak bra, men på fleire område er det framleis utfordringar. Det seriøse arbeidslivet blir bl.a. utfordra av låg organisasjonsgrad, useriøse aktørar, sosial dumping og arbeidslivskriminalitet i delar av fleire utsette bransjar. Regjeringa har i Hurdalsplattforma vist til behovet for å styrke rettane til arbeidstakarane bl.a. gjennom å sikre faste, heile stillingar med norske lønns- og arbeidsvilkår og at hovudregelen er fast tilsetting direkte i den verksemda der arbeidet blir utført. Innsatsen for eit seriøst arbeidsliv er også styrkt bl.a. gjennom oppfølginga av handlingsplanen mot sosial dumping og arbeidslivskriminalitet og handlingsplanen mot sosial dumping i transportsektoren, som begge blei lagde fram i oktober 2022.

Eit sikkert og seriøst arbeidsliv er viktig for å verne arbeidstakarar mot helseskade og utnytting. Tydelege rammevilkår for arbeidslivet, med vekt på sikre og seriøse arbeidsforhold, vil også legge forholda betre til rette for dei seriøse verksemdene. Dei enkelte verksemdene må vareta ansvaret sitt for seriøse arbeidsforhold og førebyggande arbeidsmiljøarbeid på dei lokale arbeidsplassane, og myndigheitene vil legge til rette gjennom nødvendige regelverksendringar, tilsyn og rettleiing.

Arbeidsplassar der gode arbeidsforhold er varetatt, vil i tillegg bidra til auka inkludering og redusert sjukefråvær og fråfall frå arbeidslivet. Ei satsing på førebyggande arbeidsmiljøarbeid har derfor vore ein viktig del av IA-avtalen, jf. nærmare omtale under punkt 6.3 Redusere sjukefråvær og fråfall frå arbeidslivet.

Regjeringa styrker ytterlegare innsatsen retta mot utsette bransjar, useriøsitet, sosial dumping og arbeidslivskriminalitet gjennom ei satsing på 18 mill. kroner til Arbeidstilsynet og 2 mill. kroner i auka tilskot til Fair Play Bygg Norge.

For ein nærmare omtale av sentrale utviklingstrekk på området viser vi til del I, punkt 3.4 Arbeidsmiljøtilstanden og punkt 3.2 Situasjonen i arbeidsmarknaden.

6.2.1 Trygge rammer og eit organisert arbeidsliv

Tilknytingsformer

Regjeringa legg vekt på at heile og faste stillingar direkte i den verksemda der arbeidet blir utført skal vere hovudregelen i norsk arbeidsliv. Faste tilsettingar og eit organisert arbeidsliv er viktige element i den norske arbeidslivsmodellen.

Regjeringa har sett i gang, og gjennomført, ei rekke tiltak som på ulike måtar styrker hovudregelen om faste og direkte tilsettingar i arbeidslivet. Arbeidsmiljølova er blitt forsterka og fornya for å møte nye utviklingstrekk i arbeidslivet som kan føre med seg endringar i måten verksemdene vel å organisere arbeid og knyte til seg arbeidskraft på. Med verknad frå 2024 er arbeidstakaromgrepet i lova gjort tydelegare, slik at grensa mot sjølvstendige oppdragstakarar blir klarare. Ansvaret for enkelte arbeidsgivarfunksjonar er no gjort gjeldande for alle føretak som er ein del av eit konsern. Dette gir arbeidstakarane fleire rettar og betre vern ved omstruktureringar av verksemda. Reglane om samarbeid i verksemdene og medverknad for arbeidstakarar er blitt styrkte gjennom krav om at fleire verksemder må ha verneombod og arbeidsmiljøutval. Det generelle høvet til midlertidig tilsetting i arbeidsmiljølova § 14-9 andre ledd bokstav f er fjerna, og retten for fagforeiningar til å gå til søksmål ved ulovleg innleige er innført igjen.

Faste og direkte tilsettingar i verksemdene legg til rette for tryggleik for arbeidstakarane og investeringar i kompetansen til dei tilsette. Omfattande bruk av innleige frå bemanningsføretak kan fortrenge faste stillingar. Denne tilknytingsforma inneber eit trepartsforhold mellom eit bemanningsføretak som formell arbeidsgivar, den enkelte arbeidstakaren og innleigeverksemda der arbeidet blir utført, mens sentrale reguleringar av norsk arbeidsliv gjennom lovgiving og tariffavtalar bygger på eit topartsforhold mellom ein arbeidstakar og ein arbeidsgivar. Dette gjeld bl.a. reglane om stillingsvern, verneteneste i verksemdene og systemet med tillitsvalde som representantar for arbeidstakarane. Etter vedtak i Stortinget blei arbeidsmiljølova endra med verknad frå 1. april 2023. Høvet til innleige frå bemanningsføretak «når arbeidet er av midlertidig karakter», er oppheva. I forskrift er det fastsett forbod mot innleige frå bemanningsføretak til bygningsarbeid på byggeplassar i Oslo, Akershus, Østfold, Buskerud og Vestfold. Tal frå Statistisk sentralbyrå viser at det etter regelendringane har vore ein auke i talet på personar som har gått frå jobb i bemanningsføretak til faste stillingar i verksemder innan byggenæringa. EFTA sitt overvakingsorgan, ESA, har opna sak mot Noreg om endringane i regelverket for ut- og innleige av arbeidskraft frå bemanningsføretak. Det er også blitt tatt ut sivile søksmål mot staten. I ei av desse sakene har den norske domstolen lagt fram spørsmål til EFTA-domstolen. Desse rettslege prosessane er foreløpig ikkje avslutta.

Ved innføringa av det nye regelverket blei det gjort enkelte unntak. Dette gjeld bl.a. eit avgrensa unntak for innleige av helsepersonell, grunngitt i ansvaret staten og kommunane har for å sikre lovpålagde plikter om forsvarleg drift av tenestene. Regjeringa vil følge opp vedtak i Stortinget om å greie ut fjerning av dette unntaket, utan å svekke evna og høvet til å redusere ventetider og oppretthalde ei forsvarleg helseteneste. Også innan helse- og omsorgstenestene er målet å legge til rette for mest mogleg bruk av faste og direkte tilsettingar. Departementet følger opp saka i samarbeid med Helse- og omsorgsdepartementet, og har innleidd dialog med partane i arbeidslivet for å hente inn deira vurderingar.

Ved innføringa av nye reglar for innleige blei det gitt eit unntak for innleige av rådgivarar og konsulentar med spesialkompetanse. Med verknad frå 1. januar 2024 er det etablert ei godkjenningsordning for bemanningsføretak som Arbeidstilsynet har ansvar for å forvalte og handheve. Desse endringane har ført til eit behov for å avklare situasjonen for aksjeselskap som leverer tenester der eigaren er einaste tilsette. Slike selskap er ikkje omfatta av arbeidsmiljølova, og derfor heller ikkje av innleigereglane eller av godkjenningsordninga. Stortinget har bede regjeringa vurdere eit avgrensa unntak frå arbeidsmiljølova, slik at IT-rådgivarar og konsulentar med spesialkompetanse som er organiserte i eige aksjeselskap, framleis skal kunne levere arbeid og oppdrag. Departementet følger opp dette med å utgreie eit slikt avgrensa unntak.

Innstramminga av innleigereglane kunne få uføresette følger for avløysarordninga i landbruket, og på dette området blei ikraftsettinga av nye reglar utsett. Departementet har i samarbeid med Landbruks- og matdepartementet greidd ut tiltak for å vareta omsynet til vidareføring av ei velfungerande avløysarordning. Eit forslag er no sendt på høyring.

Stortinget har bede regjeringa om å vurdere om verksemder i arrangementsbransjen har behov for eit unntak som gjeld tidsavgrensa innleige. Foreløpig er ikraftsettinga av nye reglar utsett når det gjeld innleige til kortvarige arrangement. Det trengst meir kunnskap om situasjonen før ein vurderer kva reguleringar som bør gjerast gjeldande. Etter dialog med partane i arbeidslivet har departementet sett i gang eit eksternt FoU-oppdrag for å kartlegge bemanningsløysingar og oppgåveorganisering ved ulike former for arrangement.

For å belyse konsekvensar av eit nytt regelverk om innleige frå bemanningsføretak har departementet sett i gang ei følgeevaluering. Ein første delrapport blir lagd fram mot slutten av 2024. Evalueringa varer ut 2026. Dei siste åra er det gjennomført fleire FoU-prosjekt for å auke kunnskapen om bruken av andre tilknytingsformer enn fast tilsetting. Dette arbeidet blir vidareført. Departementet samarbeider med partane i arbeidslivet om gjennomføringa av desse tiltaka. For nærmare omtale av utfordringane knytte til ulike tilknytingsformer viser vi til del I, punkt 3.2 Situasjonen i arbeidsmarknaden.

Endringar i arbeidsmiljølova og statstilsettelova for å sikre arbeidstakarar tydelegare og meir føreseielege arbeidsvilkår

Regjeringa er opptatt av å styrke rettane til arbeidstakarane gjennom å fremme tydelegare og meir føreseielege arbeidsvilkår som gir tryggare rammer for arbeidstakarane. Dette er særleg viktig i lys av utviklinga den seinare tida av «ikkje-standard» eller atypiske tilsettingsformer og den uvissa slike tilsettingsformer fører til for arbeidstakarane.

På bakgrunn av forslag frå regjeringa har Stortinget vedtatt endringar i arbeidsmiljølova for å gjennomføre EU-direktivet om tydelege og føreseielege arbeidsvilkår (direktiv (EU) 2019/1152 – arbeidsvilkårsdirektivet), jf. Prop. 130 L (2022–2023) og Innst. 60 L (2023–2024). Lovendringane tok til å gjelde frå 1. juli 2024.

Endringane som er vedtatt, inneber bl.a. fleire og styrkte krav i arbeidsmiljølova til informasjon i den skriftlege arbeidsavtalen og kortare fristar for å utarbeide avtale og ta inn endringar. I samanheng med dette er det også lovfesta reglar om presumsjon for fast tilsetting og stillingsomfang dersom det manglar informasjon om dette i arbeidsavtalen.

Vidare er det innført ei føresegn i arbeidsmiljølova om rett for deltidstilsette og midlertidig tilsette til å få skriftleg og grunngitt svar frå arbeidsgivaren dersom dei ber om tryggare arbeidsvilkår. Det er også fastsett at prøvetida ved midlertidig tilsetting ikkje kan overstige halvparten av tilsettingstida. Det kan heller ikkje avtalast ny prøvetid dersom arbeidstakaren skal halde fram i den same stillinga eller i ei stilling som er vesentleg likearta.

Heiltid/deltid

Faste og heile stillingar skal vere hovudregelen i norsk arbeidsliv. Heiltid er viktig både i eit likestillingsperspektiv og i eit samfunnsøkonomisk perspektiv, for å utnytte arbeidskraftpotensialet best mogleg, og det er viktig for den enkelte arbeidstakaren.

Manglande heiltidskultur er slik regjeringa ser det, framleis eit stort problem i delar av både offentleg og privat sektor. Særleg rammar det kvinner. Heiltid er også viktig for kvaliteten og kontinuiteten i arbeidet og vil kunne påverke arbeidsmiljøet for dei tilsette og rekrutteringa til viktige stillingar bl.a. i helse- og omsorgssektoren. Regjeringa vil saman med partane i arbeidslivet jobbe aktivt for å bygge heiltidskultur i alle delar av arbeidslivet og har styrkt retten til heiltid i arbeidsmiljølova. Det finst likevel arbeidstakarar som av ulike årsaker har behov for å arbeide deltid gjennom heile eller delar av arbeidslivet sitt. Det er derfor viktig at dei som har behov for å arbeide deltid kan det. Endringane i arbeidsmiljølova er ikkje eit forbod om å arbeide eller tilsette på deltid, men ei bevisstgjering av arbeidsgivarar ved at behovet for deltidstilsetting skal dokumenterast.

Det trengst meir kunnskap som kan bidra til å redusere bruken av deltid og til å auke heiltidsandelen. For å endre nåverande praksis bør kunnskapen omfatte konkrete forsøk som verksemdene sjølve ønsker, og som partane har trua på at vil verke. Heiltidspotten er ei treårig satsing for perioden 2023–2025. 17 verksemder innanfor både privat og offentleg sektor har fått midlar til å gjennomføre forsøk for å redusere bruken av deltid og auke bruken av heiltid.

Organisert arbeidsliv

Høg organisasjonsgrad og sterke fagorganisasjonar er kjernen i den norske arbeidslivsmodellen. Organisasjonsgrada for arbeidstakarar i Noreg har endra seg lite dei siste 15 åra. Ho ligg på om lag 50 pst. samla. Det er høgt i internasjonal samanheng, men likevel lågast i Norden. Organisasjonsgrada er størst i offentleg sektor, med om lag 80 pst., og under 40 pst. i privat sektor. Samtidig er det utviklingstrekk som kan gjere det utfordrande å halde ved lag og å styrke organisasjonsgradene i arbeidslivet.

Andelen lønnstakarar som jobbar i ei verksemd som er medlem av ei arbeidsgivarforeining, har auka dei siste ti åra. Med utgangspunkt i registertal og opplysningar om AFP-tilknyting blir det anslått at om lag 47 pst. av lønnstakarane i privat sektor er tilsette i ei verksemd med tariffavtale, mens andre berekningar ligg noko høgare.2 I offentleg sektor har alle verksemder tariffavtale. Dersom det blir ei negativ utvikling i organisasjonsgrada og tariffavtaledekninga for utsette næringar, kan det auke risikoen for eit meir todelt arbeidsliv.

Regjeringa vil føre ein politikk som stimulerer til auka organisasjonsgrad blant både arbeidstakarar og arbeidsgivarar. Bl.a. vil det bidra til å styrke betydninga til organisasjonane at verksemder som er bundne av ein landsomfattande tariffavtale med ei fagforeining med innstillingsrett, kan inngå avtalar om bl.a. arbeidstidsordningar og bruk av innleige. Regjeringa vil i samarbeid med organisasjonane i arbeidslivet jobbe for å auke informasjonen om rolla til fagforeiningane og trepartssamarbeidet. Hausten 2022 og 2023 blei det arrangert eit seminar om korleis organisasjonsgradene i arbeidslivet kan styrkast, og arbeidet blir følgt opp med eit nytt seminar hausten 2024. Det blir også gjennomført forskingsprosjekt for å få oppdatert kunnskap om det organiserte arbeidslivet.

6.2.2 Førebyggande arbeidsmiljøarbeid

Eit arbeidsmiljø som førebygger skade og sjukdom og fremmar jobbmotivasjon og trivsel, er avgjerande både for at den enkelte skal ha eit godt liv, og for at arbeidslivet skal vere produktivt og inkluderande.

Dei fleste i Noreg har gode og forsvarlege arbeidsforhold, men i fleire yrke og næringar er det framleis utfordringar. Det er også godt dokumentert at det er årsakssamanhengar mellom arbeidsmiljøeksponeringar og redusert helse, redusert jobbengasjement og sjukefråvær hos arbeidstakarar. Arbeidsplassar der gode arbeidsforhold er varetatt, vil bl.a. kunne bidra til betre arbeidshelse, høgare sikkerheit for arbeidstakarane, betre inkludering og redusert sjukefråvær og fråfall frå arbeidslivet.

Nasjonale overvakingsdata og forsking viser at det framleis finst eit betydeleg potensial for å redusere førekomsten av helsebelastningar blant yrkesbefolkninga gjennom å sette i verk tiltak på arbeidsplassen. Sjå nærmare om utfordringsbildet i del I, punkt 3.4 Arbeidsmiljøtilstanden.

Verksemdene er ansvarlege for at arbeidsmiljøet er fullt forsvarleg, og for at førebyggande arbeidsmiljøarbeid blir gjennomført. For å redusere negative arbeidsmiljøforhold og utvikle trygge og helsefremmande arbeidsplassar må verksemdene kartlegge risikoar og sette i verk tiltak ut frå risikoforholda. Det førebyggande arbeidsmiljøarbeidet må vidare gjennomførast med omfattande arbeidstakarmedverknad og inngå i drifta til verksemda.

Myndigheitene legg til rette gjennom å gi rammer i lovverk og sørge for at det blir drive eit kunnskapsbasert arbeid med tilsyn og rettleiing, og dessutan at det kontinuerleg blir bygd opp ny kunnskap. Regjeringa vektlegg samarbeid med partane i arbeidslivet som ein vesentleg suksessfaktor.

Det førebyggande arbeidsmiljøarbeidet er heilt sentralt i innsatsen for å redusere sjukefråvær og førebygge fråfall frå arbeidslivet og er derfor eit av innsatsområda i Intensjonsavtalen for et meir inkluderande arbeidsliv (IA-avtalen) 2019–2024. Gjennom eit av verkemidla i IA-avtalen, Arbeidsmiljøsatsinga, bidrar Arbeidstilsynet, STAMI, Arbeids- og velferdsetaten og Havindustritilsynet til å utvikle kunnskap, kompetanse og verktøy om førebyggande arbeidsmiljøarbeid til verksemdene. Det er også etablert bransjeprogram i sju bransjar som hovudorganisasjonane i arbeidslivet leier. Regjeringa forhandlar hausten 2024 med partane i arbeidslivet for å få på plass ein ny IA-avtale frå januar 2025. Sjå nærmare omtale av IA-avtalen under punkt 6.3 Redusere sjukefråvær og fråfall frå arbeidslivet.

6.2.3 Seriøse og anstendige arbeidsvilkår, sosial dumping og arbeidslivskriminalitet

Trygge arbeidstakarar i heile og faste stillingar gir det beste vernet mot sosial dumping og useriøse arbeidsforhold, bl.a. ved at terskelen for å ta opp problem på arbeidsplassen blir lågare. Etter forslag frå regjeringa er det innført regelverksendringar som styrker rettane til arbeidstakarane og legg til rette for å auke bruken av faste tilsettingar. Det organiserte arbeidslivet utgjer førstelinjeforsvaret for å sikre seriøse og anstendige arbeidsvilkår for alle. Regjeringa har dobla skattefrådraget for fagforeiningskontingent og arbeider saman med partane i arbeidslivet om tiltak for meir organisering og utbreiing av tariffavtalar.

Å handheve regelverket er viktig for å unngå at verksemder forsøker å organisere seg bort frå arbeidsgivaransvaret, eller at seriøse verksemder taper oppdrag og kundar til useriøse aktørar. Arbeidstilsynet har viktige oppgåver når det gjeld å førebygge og avdekke sosial dumping og arbeidslivskriminalitet, og regjeringa held fram med å styrke Arbeidstilsynet slik at dei kan vere meir synlege og tydeleg til stades i arbeidslivet. Når det blir avdekt alvorlege brot på reglane i arbeidslivet, skal Arbeidstilsynet gi strenge reaksjonar som bidrar til auka etterleving frå verksemdene. Frå 1. juli 2024 blei det lovfesta ei høgare øvre grense for lovbrotsgebyr i arbeidsmiljølova. Den øvre grensa blei auka frå 15 G til 50 G, og i særskilde høve har etaten moglegheit til å ilegga eit gebyr på fire pst. av verksemda si omsetning.

Det er viktig at handhevingsheimlane til Arbeidstilsynet er tenlege og tilstrekkelege. Som grunnlag for ei vidare styrking av Arbeidstilsynet har regjeringa sendt på høyring eit lovforslag som vil styrke Arbeidstilsynets tilgang til informasjon og sanksjonsheimlane deira, spesielt i dei mest utfordrande sakane mot dei mest useriøse aktørane. I høyringa foreslår regjeringa bl.a. at Arbeidstilsynet i visse tilfelle skal kunne innhente opplysningar frå andre verksemder enn den dei fører tilsyn med, og at det skal vere mogleg for Arbeidstilsynet å ilegge lovbrotsgebyr dersom verksemda ikkje gir tilsynsmyndigheita tilgang til lokala sine. Av andre forslag i høyringa kan det trekkast fram at politiet skal få ei uttrykkeleg bistandsplikt, noko som vil bety at politiet får eit sikkert heimelsgrunnlag for å gi bistand til tilsynsmyndigheita ved handheving av for eksempel eit stansingsvedtak.

Arbeidstilsynet skal vidareføre den styrkte tilsynsoppfølginga av dei nye reglane om bl.a. innleige av arbeidskraft og godkjenningsordninga for bemanningsføretak.

Som innkjøpar har det offentlege eit særleg ansvar for å sikre seriøse og anstendige lønns- og arbeidsvilkår hos leverandørane sine. Regjeringa følger opp gjennom nye tiltak i Noregsmodellen. Regjeringa aukar også tilskotet til Fair Play Bygg Norge.

Sosial dumping og useriøse forhold i arbeidslivet inneber bl.a. brot på føresegner i arbeidsmiljølova om arbeidskontraktar, arbeidstid, overtid m.m. og brot på allmenngjeringsforskrifter. Det kan også innebere manglar ved opplæring, sikkerheitstiltak og innkvartering som arbeidsgivaren har ansvar for. Arbeidslivskriminalitet er karakterisert ved at det skjer systematiske brot på lover og reglar som gjeld ei rekke ulike område, gjerne utførte organisert, på måtar som utnyttar arbeidstakarar eller verkar konkurransevridande for verksemdene og undergrev samfunnsstrukturen.

Utanlandske arbeidstakarar, med avgrensa språkkunnskapar og manglande kunnskap om rettar og plikter i det norske arbeidslivet, er særleg utsette for å få dårlege lønns- og arbeidsvilkår, og dei kan også oppleve å bli utnytta av useriøse og kriminelle verksemder og aktørar til svart og ulovleg arbeid. Ikkje minst gjeld dette nykomne og dei som har kortare opphaldstid i landet. Regjeringa vil styrke bistanden til arbeidstakarar som blir utnytta, og til offer for tvangsarbeid eller menneskehandel.

For å førebygge sosial dumping og at arbeidstakarar blir utnytta, er det viktig å sette alle som utfører arbeid i Noreg i stand til å vareta rettane sine og oppfylle pliktene sine. Gjennom Servicesentera for utanlandske arbeidstakarar (SUA), samarbeider Arbeidstilsynet, Skatteetaten, politiet og Utlendingsdirektoratet om å gi informasjon og rettleiing om norsk arbeidsliv til utanlandske arbeidstakarar og arbeidsgivarane deira. Etatane arbeider med å styrke og vidareutvikle desse servicesentera.

Regjeringa la hausten 2022 fram ein handlingsplan mot sosial dumping og arbeidslivskriminalitet med ei rekke tiltak for å fremje eit organisert arbeidsliv, hindre at arbeidstakarar blir utnytta, mobilisere forbrukar- og innkjøpsmakt og styrke det tverretatlege samarbeidet om kontroll og oppfølging. Dei fleste tiltaka i handlingsplanen er under gjennomføring. Innsatsen må også sjåast i samanheng med oppfølging av tiltaka i Meld. St. 15 (2023–2024) om økonomisk kriminalitet. Regjeringa utarbeider årlege rapportar om korleis tiltaka i handlingsplanen blir følgde opp, og drøftar utfordringar og vidare innsats med partane i arbeidslivet.

Regjeringa foreslår å styrke Arbeidstilsynet med 18 mill. kroner i 2024 for å bidra til at tilsynet kan auke kapasiteten til å følge opp og motverke utfordringane, først og fremst gjennom tilsyn og ved å vere til stades på arbeidsplassane der utfordringane er størst.

Tverretatleg samarbeid

Det krevst samordna innsats frå ei rekke offentlege myndigheiter for å førebygge og få bukt med arbeidslivskriminalitet.

Det er organisert eit tverretatleg samarbeid mellom Arbeidstilsynet, Arbeids- og velferdsetaten, Skatteetaten og politiet. Det tverretatlege samarbeidet har som mål å førebygge og motverka arbeidslivskriminalitet og er organisert på nasjonalt og lokalt nivå. Det er etablert a-krimsenter i Oslo, Tønsberg, Kristiansand, Stavanger, Bergen, Trondheim, Bodø og Alta. Utover dei samlokaliserte a-krimsentera har etatane også etablert lokale a-krimsamarbeid i Møre og Romsdal, Innlandet, Romerike, Follo og Østfold.

Regjeringa er opptatt av at det tverretatlege a-krimsamarbeidet blir vidareutvikla, at det blir tilpassa utviklinga i samfunnet, og at dei ulike verkemidla, kompetansane og ressursane til etatane blir brukt best mogleg mot felles mål. Dei fire samarbeidande etatane er einige om at dei får betre resultat i arbeidet mot arbeidslivskriminalitet saman enn om dei jobba kvar for seg. Dei har også sett i verk fleire tiltak for å vidareutvikle samarbeidet.

Etatane har fått felles oppdrag frå Arbeids- og inkluderingsdepartementet, Finansdepartementet og Justisdepartementet. I tillegg til å vurdere aktuelle moment frå evalueringa som KPMG gjennomførde har etatane blitt bedne om også å vurdere andre tiltak som kan bidra til å vidareutvikle samarbeidet for å førebygge og motverke arbeidslivskriminalitet, med mål om ein meir effektiv, kunnskapsstyrt og risikostyrt felles innsats.

I utviklingsarbeidet er det framheva kor mykje samarbeidet betyr. Samtidig finst det nokre utfordringar, og etatane jobbar allereie med fleire konkrete tiltak for å møte desse. Det er bl.a. utarbeidd felles styringsdokument for heile landet som skal definere tydelegare kva som skal vere fokusområda og dei prioriterte oppgåvene for a-krimsentera. Målet er at a-kriminnsatsen skal bli meir felles og slagkraftig. Andre tiltak er å vidareutvikle den felles årsrapporteringa av etatssamarbeidet, å revidere styringsmodellen for a-krimsamarbeidet og å avklare roller og ansvar i samarbeidet. Vidare har etatane betra resultata sine når det gjeld å ta frå dei useriøse aktørane utbytte frå kriminelle handlingar.

Det blir gitt tilbakemelding om utviklingsarbeidet i samanheng med årsrapporteringa og i eigne leveransar frå etatane på bestilling frå departementa. Stortingsvedtaka i samanheng med eit representantforslag om å styrke a-krimsentera (jf. Dokument 8:198 S (2022–2023)) og Innst. 388 S (2022–2023) blir følgde opp av departementa dette gjeld, i dialog med etatane som medverkar i det tverretatlege samarbeidet.

Dei tre ansvarlege departementa jobbar tett saman på departementsnivå for å sikre at arbeidet med vidareutviklinga er breitt forankra og beveger seg i felles, ønskt retning.

Treparts bransjeprogram

I samsvar med målet til regjeringa om eit forsterka trepartssamarbeid i arbeidslivet kan treparts bransjeprogram vere ei eigna arbeidsform for at arbeidsgivarar, arbeidstakarar og myndigheiter i fellesskap kan ta fatt i utfordringar i enkelte utsette bransjar. Det er i dag bransjeprogram i reinhalds-, transport-, utelivs- og bilbransjen. Arbeidstilsynet har leiar- og sekretariatsfunksjonen i bransjeprogramma i tillegg til å vere den sentrale representanten for myndigheitene i samarbeidet med partane. Ein evalueringsrapport har vist at bransjeprogramma blir opplevde som ein verdifull arena for samarbeid mellom partane og tilsynsmyndigheitene. Evalueringa er bl.a. følgd opp med tydeleggjering av mandat og tiltaksplanar for dei enkelte bransjeprogramma.

Allmenngjering av tariffavtalar

Allmenngjering av tariffavtalar er eit viktig verkemiddel for å sikre utanlandske arbeidstakarar lønns- og arbeidsvilkår som er likeverdige med dei vilkåra norske arbeidstakarar har, og for å hindre konkurransevriding til ulempe for den norske arbeidsmarknaden. Tariffnemnda, som er eit uavhengig forvaltningsorgan, fastset allmenngjeringsforskrifter. Etter krav frå arbeidstakar- eller arbeidsgivarorganisasjonar som er part i avtalen og har innstillingsrett etter arbeidstvistlova, kan Tariffnemnda fastsette at lønns- og arbeidsvilkåra som følger av ein tariffavtale, heilt eller delvis skal gjelde for alle arbeidstakarar som utfører arbeid innanfor verkeområdet til tariffavtalen. I praksis betyr det at eit lønnsnivå framforhandla av tariffpartane blir minstelønn for ein bestemt bransje. Det er no allmenngjorde forskrifter i ni bransjar. Arbeidstilsynet fører tilsyn med etterlevinga av forskriftene.

I Handlingsplanen mot sosial dumping og arbeidslivskriminalitet følger regjeringa opp sentrale målsettingar i Hurdalsplattforma. For eksempel vil regjeringa betre allmenngjeringsordninga. Departementet gjennomførte våren 2023 tre innspelsmøte med partane i arbeidslivet for å drøfte korleis ordninga kan styrkast. Innspelsrundane stadfesta at partane i stor grad er einige om at hovudelementa i ordninga fungerer godt. Innspela til å forbetre ordninga blir no følgde opp i departementet.

Seriøsitet i anskaffingar

Noregsmodellen inneber ei styrking av nasjonale seriøsitetskrav for offentlege anskaffingar. Stortinget har vedtatt endringar i anskaffingslova, som inneber ei utviding av forskriftsheimlane for å kunne innføre nye tiltak mot arbeidslivskriminalitet og sosial dumping gjennom regelverket for offentlege anskaffingar. Det er også fastsett endringar bl.a. i forskrift om lønns- og arbeidsvilkår i offentlege kontraktar mv. og i byggherreforskrifta, som tok til å gjelde frå 1. januar 2024.

Noregsmodellen blir utarbeidd gradvis og vil nytte eit breitt spekter av verkemiddel. Eksempel på slike er regelverksendringar, meir rettleiing og utvikling av digitale hjelpemiddel. På oppdrag frå Nærings- og fiskeridepartementet og Arbeids- og inkluderingsdepartementet har Direktoratet for forvaltning og økonomistyring (DFØ) utarbeidd ei rettleiing om beste praksis for kontraktsoppfølging, som er tilgjengeleg på nettstaden anskaffelser.no. Det blir arbeidd vidare med tiltak for å forenkle kontraktsoppfølginga, bl.a. med vekt på effektivisering gjennom digitalisering. Det blir no innhenta ei ekstern utgreiing av det rettslege rammeverket for dette. Utgreiinga skal ferdigstillast i oktober 2024.

Regjeringa har innført ei godkjenningsordning for bemanningsbransjen, som tok til å gjelde 1. januar 2024. Ordninga gjer det lettare for offentlege innkjøparar, så vel som forbrukarar og private verksemder, å finne fram til og nytte seriøse leverandørar.

FNs berekraftsmål

Den samla innsatsen for eit sikkert og seriøst arbeidsliv er viktig for å oppfylle FNs berekraftsmål, der mål 8 handlar om anstendig arbeid og økonomisk vekst. Delmål 8.8 omhandlar behovet for å verne om arbeidstakarrettar og fremme eit trygt og sikkert arbeidsmiljø for alle arbeidstakarar, irekna arbeidsinnvandrarar, særleg kvinnelege arbeidsinnvandrarar, og dessutan arbeidstakarar i vanskelege arbeidsforhold. Rammevilkåra i norsk arbeidsliv sikrar den store majoriteten av arbeidstakarar i Noreg eit trygt og sikkert arbeidsmiljø i samsvar med delmål 8.8. Oppfølging av berekraftsmåla er nærmare omtalt i del III.

Den internasjonale arbeidstakarorganisasjonen (ILO)

ILO er ein viktig internasjonal arena for å fremme grunnleggande rettar i arbeidslivet og trepartssamarbeidet.

ILO sitt styremøte avgjorde i november 2023 å sende eit fortolkingsspørsmål til FN-domstolen i Haag (ICJ). Noreg haldt innlegg på styremøtet og støtta at spørsmålet blei oversendt ICJ for avklaring. ILO har bedd domstolen om ein rådgivande uttale. Spørsmålet som er sendt domstolen er om streikeretten er beskytta av ILO konvensjon 87 (1948). Noreg har i eit skriftleg innlegg til domstolen vore tydeleg på at retten til å streike er ein menneskerett som er beskytta av konvensjon 87 om foreiningsfridom og beskyttelse av organisasjonsretten. Dette er eit prinsipielt spørsmål som det har vore stor ueinigheit om i ILO over lang tid. Det er viktig å få ei rettsleg avklaring med bindande verknad. Noregs innspel er basert på regjeringas ønske om å vektlegge arbeidstakarrettigheiter i arbeidet for å fremme menneskerettar internasjonalt. Det er også ei solidarisk handling med arbeidstakarar i alle verdas land.

ILO heldt i juni 2024 si årlege generalforsamling, Arbeidskonferansen 2024. Konferansen samlar regjeringar, arbeidsgivar- og arbeidstakarrepresentantar frå ILO sine 187 medlemsland for å behandle ulike tema i relasjon til det globale arbeidslivet. Generaldirektøren sin rapport til konferansen handla i år om «The new Social Contract». Det blei i år også halde ein særskild sesjon om forholda for arbeidarar i dei okkuperte palestinske områda.

Konferansen innleia med ei drøfting av moglege nye instrument om beskyttelse mot biologiske risikoforhold i arbeidslivet. Det var einigheit om behovet for å utarbeide ein internasjonal konvensjon supplert med ein rekommandasjon som kan bidra til å beskytte arbeidstakarar mot biologiske farar i arbeidsmiljøet. Konferansen diskuterte også korleis ILO og organisasjonens medlemmar kan fremme overhalding av ILOs 10 kjernekonvensjonar, med ei erkjenning av at behovet for grunnleggande globale rettar er større enn nokon gong. Ein komite hadde også ein generell diskusjon om behovet for anstendig arbeid i omsorgsøkonomien.

Gjennomføringskomiteen, som er ein fast komite under konferansen, har som hovudoppgåve å gå gjennom konkrete sakar i land som ofte og vedvarande bryt ILO sine viktigaste konvensjonar. Sakane er basert på rapporten som ILOs ekspertkomite utarbeidar på grunnlag av medlemslanda sine rapportar. Komiteen behandla 24 slike landsakar, og i år var det ein særskild behandling av manglande overhalding av arbeidstakarrettar i Belarus. Det blei i tillegg avgjord på konferansen å oppheva fire ILO-konvensjonar som reknast som utdatert/forelda.

Myndigheitene og partane i arbeidslivet samarbeider om norsk oppfølging av ILO gjennom arbeidet i Den norske ILO-komiteen. Nordiske myndigheiter samarbeider tett om arbeidet i ILO gjennom Nordisk ILO Samrådsgruppe.

European Labour Authority

ELA-forordninga3 blei vedtatt i EU 20. juni 2019 for å opprette ei europeisk arbeidsmarknadsmyndigheit, European Labour Authority (ELA). Forordninga blei tatt inn i EØS-avtalen 8. desember 2023. ELA har som formål å bidra til å sikre rettferdig arbeidsmobilitet og å hjelpe medlemsstatane og Kommisjonen med koordinering av trygdeordningar i den indre marknaden. Arbeids- og inkluderingsdepartementet hadde på høyring eit lovforslag om gjennomføring av ELA-forordninga i norsk rett med frist 1. juli 2024. Departementet tar sikte på å levere ein lov- og samtykkeproposisjon til Stortinget i løpet av hausten 2024.

Mandatet til ELA omfattar fleire EU-rettsakter som er tatt inn i EØS-avtalen og gjennomført i norsk rett. Det gjeld bl.a. utsending av arbeidstakarar i samanheng med tenesteyting, visse regler innafor vegtransport, fri rørsle av arbeidskraft og trygdekoordineringsreglane.

Noreg (og dei andre EØS/EFTA-statane) har deltatt frå oppstarten som observatør i styret i ELA. Sidan forordninga no er tatt inn i EØS-avtalen, vil EØS/EFTA-statane også kunne delta fullt ut i det operative arbeidet til ELA, bl.a. gjennom ein eigen nasjonal kontaktperson («National Liaison Officer»), når Stortinget har gitt sitt samtykke.

Samarbeidet innafor ELA inngår som eit av tiltaka i Handlingsplanen mot sosial dumping og arbeidslivskriminalitet. Full deltaking i aktivitetane til ELA vil kunne bidra til ein meir samordna og effektiv innsats mot grenseoverskridande arbeidslivskriminalitet. Noreg kan dessutan nyttiggjere seg felles kunnskap, betre informasjonsflyt og bistand ved tilsyn som blir gjennomførte saman med andre statar. Samtidig skal ELA bidra til meir effektiv og rettferdig arbeidsmobilitet i den indre marknaden, bl.a. gjennom EURES.

6.2.4 Vurdering av ei særskild kompensasjonsordning for «oljepionerane»

Regjeringa viser til Stortingets oppmodingsvedtak 843, 20. juni 2024:

«Stortinget ber regjeringen, i lys av kunnskapen fra NOU 2022: 19 Oljepionerene – en kompensasjonsordning, følge opp arbeidet med oljepionerene og komme raskt tilbake til Stortinget på egnet vis.»

«Oljepionerkommisjonen» blei oppnemnd 3. september 2021. Bakgrunn for saka om oljearbeidarane var at mange opplever å ikkje nå fram i dei etablerte yrkesskadeordningane, jf. førespurnader frå Arbeidsmiljøskaddes Landsforening til Stortingets arbeids- og sosialkomite. Kommisjonens mandat innebar at kommisjonen skulle legge fagleg og dokumentert kunnskap til grunn for sine vurderingar, samt vurdere om etablering av ei særskild kompensasjonsordning for oljepionerane vil vere ei riktig og hensiktsmessig oppfølging av denne gruppa. Kommisjonens rapport ble lagt fram i NOU 2022: 19 Oljepionerene – en kompensasjonsordning 15. desember 2022. Ein samla kommisjon meiner at ei eiga kompensasjonsordning vil vere ei riktig og hensiktsmessig ordning for oljepionerane. Samtidig er det ueinigheit om korleis målgruppa for ordninga bør avgrensast, både med omsyn til tidsperioden, relevante arbeidstakargrupper offshore og relevante helseskadar. Kommisjonen beskriv seks moglege modellar for ei kompensasjonsordning, men delar seg på tre ulike modellar med omsyn til anbefaling. Det blir ikkje foreslått eit konkret nivå på kompensasjonen, med det er skissert ulike nivå som grunnlag for konsekvensberekningane i saka, frå 65 G til 70 000-250 000 kroner.

NOU 2022: 19 har vore sendt på ei brei høyring. Arbeidstakarorganisasjonane og dei vedkomande interesseorganisasjonane støtter etablering av ei særskild kompensasjonsordning. Ingen høyringsinstansar har gått imot etablering av ei ordning, men fagmiljø visar til at dette er eit politisk spørsmål og at det er prinsipielle utfordringar knytt til saka. Fagmiljøa peiker også på at det kan synes som at kommisjonens vurderingar og forslag i mindre grad tek utgangspunkt i kunnskapsgrunnlaget i utredninga. Det vises blant anna til at det i liten grad kan sannsynleggjerast at risikoen for/kor alvorleg det er å pådra seg arbeidsrelatert sjukdom som følgje av kjemiske eksponeringar generelt er vesentleg forskjellig mellom den målgruppa som er foreslått og andre arbeidstakargrupper, offshore og på land. I same periode var det ikkje berre utfordringar med det førebyggande arbeidet offshore, men også onshore. Spørsmålet om ei eiga kompensasjonsordning for oljepionerar sett difor ei rekke krevjande og prinsipielle spørsmål på dagsorden: Det må leggast vekt på å grunngje sakleg kvifor eller på kva for måte denne gruppa eventuelt bør løftast fram og behandlast på ei anna måte enn andre, samanliknbare grupper. Dette kan vera tilsvarande yrkesgrupper i industrien på land eller andre yrkesgrupper som jobba offshore og som har blitt skada pga. arbeidsmiljøet. Arbeidstakarar offshore var også, som andre arbeidstakarar, yrkesskadedekka etter yrkesskadetrygdelova av 1958, frå 1971 avløyst av folketrygdlovas yrkesskaderegler. Frå 1990 var dei i tillegg omfatta av yrkesskadeforsikringslova. Ei kartlegging gjennomført av Oslo Economics for kommisjonen visar at andelen godkjente yrkesskadar og saker godkjent av forsikring for oljearbeidarar er på nivå med andre, tilsvarande yrkesgrupper.

Oljepionerane gjorde ein stor innsats og var avgjerande for etableringa av norsk oljeindustri. Det fortener dei anerkjenning for. Det er dokumentert i NOU 2022: 19 at det var eit utfordrande arbeidsmiljø og risiko for arbeidsrelaterte helseskadar dei første åra av norsk petroleumsverksemd. Mange oljearbeidarar har fått helseskadar på grunn av arbeidet i pionertida. Regjeringa er opptatt av at alle skal få sikra den erstatninga dei har hatt krav på som følge av skade eller sjukdom påførd som følge av forhold på arbeidsplassen. Folketrygda og yrkesskadeforsikringsordninga skal ivareta alle arbeidstakarar som får yrkesskadar likt, uavhengig av yrke eller næring, nasjonalitet eller kjønn. Saker om yrkesskadar bør derfor, som eit utgangspunkt, handsamast likt og innafor det etablerte yrkesskadesystemet. Krav om yrkesskadeerstatning skal behandlast ut frå den kunnskapen man har i dag om samanheng mellom arbeidsmiljøforhold og helse. I høve der det finnes eit kunnskapsmessig grunnlag for at skadar og sjukdom skyldast arbeidet, må dette handsamast innafor den etablerte yrkesskadeordninga, på lik linje med andre yrkesskadesakar. Yrkesskadeordninga kan også gi gjenlevande ektefelle og barn rett til støtte.

Det går fram av Hurdalsplattforma at regjeringa vil forbetre reglane om yrkesskade og yrkesskadeforsikring. Yrkesskaderegelverket verkar i all hovudsak etter hensikta, men det blir samstundes arbeidd med å vidareutvikle dette regelverket i tråd med samfunnsutviklinga, slik at det verkar etter hensikta også framover. Som første del av arbeidet med å modernisere yrkesskaderegelverket, er det sendt på høyring ei fagleg oppdatering av Yrkessykdomsutvalgets forslag til ny yrkessjukdomsliste i NOU 2008: 11. Ei oppdatert yrkessjukdomsliste kan vere eit av fleire målretta verkemiddel for å forbetre yrkesskaderegelverket. Dagens yrkessjukdomsliste stammar frå 1958 og er ikkje vesentleg revidert sidan. Forslaget bidrar til å sikre ei liste beståande av sjukdommar som det er eit kunnskapsmessig grunnlag for at kan skyldast arbeidet, og dermed for at dei godkjennast som yrkessjukdom. Forslaget opnar også for jamleg revisjon av ei ny liste og moglegheit for at ho supplerast med unntaksreglar for sjukdommar som ikkje er inkludert.

Regjeringa vil fortsette moderniseringa av yrkesskaderegelverket. I neste fase skal det undersøkast om arbeidsulykkeomgrepet bør endrast. At det har skjedd ei arbeidsulykke er eit nødvendig vilkår for å få godkjend ei yrkesskade. Dagens arbeidsulykkeomgrep inneber at enkelte ikkje får skade godkjend som yrkesskade fordi man i utgangspunktet har eit risikofylt arbeid kor skadar i større grad må forventast. Det kan opplevast som urimeleg dersom ibuande auka risiko på arbeidsplassen inneber at det er høgare terskel for å få skade godkjend som yrkesskade. Eit eventuelt endra arbeidsulykkeomgrep vil derfor kunne vere svært viktig for den enkelte, ikkje minst i yrke der arbeidskvardagen er risikofylt. Eit endra arbeidsulykkeomgrep skal likevel ikkje føre til vesentleg auke i samla volum av erstatningsutbetalingar.

Det er ytterlegare aspekt ved yrkesskadeordninga som inngår i regjeringas arbeid med å forbetre og forenkle yrkesskaderegelverket, basert på blant anna innspel frå partar og interesseorganisasjonar. Regjeringa vil komme tilbake til korleis det vidare arbeidet vil skje, og måtar å involvera partar og organisasjonar på. I den forbindelse nemnes også oppmodingsvedtak nr. 911 (2020–2021) om nødvendige endringar i regelverket for yrkesskade, der regjeringa kommer tilbake til Stortinget på eit egna tidspunkt.

Regjeringa er opptatt av at tilsette i offshoresektoren får den erstatning dei har krav på. Det kan vere krevjande for den enkelte å skaffa seg oversikt over forhold som ligg langt tilbake i tid, og å finne ut av kor man skal vende seg. Regjeringa vil derfor sikre at det raskt vil bli etablert bistand i yrkesskadesporet til tidlegare oljearbeidarar. Oljepionerar kan be Arbeids- og velferdsetaten om å gjera om vedtak om å ikkje godkjenne sjukdom som yrkessjukdom dersom ny forsking visar at avslaget var feil. Ny forsking kan også gi rett til ny behandling i forsikringsselskapa. Det kan vera krevjande for den enkelte å vite korleis ein skal gå fram dersom man ønsker ei ny vurdering av si sak. For å gjera det enklare for denne gruppa å komme i kontakt med Arbeids- og velferdsetaten, kan det for eksempel opprettast eit eige kontaktpunkt i etaten for å gi rask bistand. Regjeringa er innstilt på å gå i dialog med dei organisasjonane det gjeld for å vurdere eventuelt behov for rettleiing frå myndigheitene til tidlegare oljearbeidarar når det gjeld å fremme krav om yrkesskadeerstatning.

Etter ei nærmare kartlegging av moglegheitene innafor det ordinære yrkesskadesystemet vil regjeringa komme tilbake til Stortinget med ei endeleg vurdering av om det bør etablerast ei eiga kompensasjonsordning for denne gruppa, og ev. korleis ho bør utformast.

6.3 Redusere sjukefråvær og fråfall frå arbeidslivet

Høgt sjukefråvær og fråfall frå arbeidslivet har betydelege konsekvensar både for den enkelte og for samfunnet. Omtalen under punkt 6.3.1 Redusere sjukefråværet og 6.3.2 Intensjonsavtalen om eit meir inkluderande arbeidsliv (IA-avtalen) beskriv innsats retta mot å redusere sjukefråvær og fråfall gjennom sjukdom og tidlegpensjonering. Førebyggande arbeidsmiljøarbeid, måten pensjonssystemet er innretta på og innsatsen retta mot arbeidsledige er også viktige for dette målet, jf. omtale under punkt 6.2 Eit sikkert og seriøst arbeidsliv, punkt 6.7 Gode og føreseielege pensjonar for dagens og framtidige generasjonar og punkt 6.1 Ein velfungerande arbeidsmarknad med god utnytting av arbeidskrafta.

Utviklinga i sjukefråvær og fråfall

Sjukefråværet i Noreg har over mange år vore høgt samanlikna med i andre land. Det auka ytterlegare i samanheng med koronapandemien, og i 2023 var sjukefråværet på om lag same nivå som året før. Utviklinga i sjukefråværet og mottak av sjukepengar har svært mykje å seie for talet på nye mottakarar av dei andre helserelaterte ytingane. Når talet på dei som bruker opp sjukepengerettane går ned, blir det også færre som går over til meir langvarige helserelaterte ytingar, jf. omtale i del I, punkt 3.6 Utviklinga i helserelaterte ytingar.

Sjukefråværet justert for sesongvariasjonar var på 6,5 pst. i 1. kvartal og 7,1 pst. i 2. kvartal 2024, sjå figur 6.1. Sjukefråværet er dermed framleis på eit høgare nivå enn før pandemien, og det er så langt i år også høgare enn det gjennomsnittlege nivået i fjor. Det er særleg det legemelde sjukefråværet i diagnosegruppa «psykiske lidingar» som bidrar til auken. Sjå også del I, pkt. 3.6 Utviklinga i helserelaterte ytingar for omtale av utviklinga i sjukefråværet etter pandemien.

Figur 6.1 Sjukefråværsprosenten. Sesongjustert og sesong- og influensajustert. 2. kvartal 2000–2. kvartal 2024

Figur 6.1 Sjukefråværsprosenten. Sesongjustert og sesong- og influensajustert. 2. kvartal 2000–2. kvartal 2024

Kjelde: Statistisk sentralbyrå.

Det er til dels store forskjellar i sjukefråværet mellom ulike grupper. Kvinner har eit vedvarande høgare sjukefråvær enn menn. Det er også betydeleg forskjell mellom ulike næringar, der kvinnedominerte yrke ofte har eit høgt sjukefråvær. Eldre har eit høgare sjukefråvær enn yngre, men i perioden frå 2. kvartal 2023 til 2. kvartal 2024 auka sjukefråværet mest blant dei i aldersgruppa 25–39 år. Dei vanlegaste årsakene til legemeldt sjukefråvær er muskel- og skjelettlidingar og psykiske lidingar. Over tid har det vore ein viss nedgang i muskel- og skjelettlidingar som andel av det totale sjukefråværet, og ein auke i andelen psykiske lidingar, særleg blant dei yngre.

Fråfall gjennom sjukdom kan resultere i mange år utanfor arbeidslivet. Det er særleg viktig å arbeide for å redusere langtidssjukefråværet, ikkje minst for å hindre varig fråfall frå arbeidslivet ved at personar endar opp med uføretrygd. Fråfall i ung alder gir atskilleg lågare inntekt gjennom livsløpet for den enkelte og høgt samfunnsøkonomisk tap fordi fleire år med forventa yrkesaktivitet går tapt. Dei som fell frå eit arbeidsforhold, er ei sårbar gruppe. Regjeringa legg stor vekt på målet om eit arbeidsliv der alle kan delta. Sjå nærmare omtale under punkt 6.4 God inkludering av utsette grupper i arbeidsmarknaden.

Det vil bli ein større andel eldre i befolkninga i åra som kjem, og yrkesaktiviteten blant eldre blir derfor stadig viktigare. Arbeids- og velferdsdirektoratet har utarbeidd ein indikator for «forventa yrkesaktivitet etter 50 år». Indikatoren viser ein klar auke dei siste åra. I perioden før pensjonsreforma, frå 2001 til 2010, auka forventa yrkesaktivitet med 1,3 år. Frå 2010 til 2023 auka talet på forventa yrkesaktive år etter 50 år med ytterlegare 1,2 år. I 2023 kunne ein 50-åring forvente å ha 11,9 årsverk igjen i arbeidslivet. Ved berekning av indikatoren er det teke omsyn til stillingsandel, som bl.a. bidrar til at forventa yrkesaktivitet etter 50 år målt i årsverk er vesentleg lågare for kvinner enn for menn. Indikatoren er vidare basert på sysselsetting for heile befolkninga over 50 år, inkludert dei som har slutta i arbeid før 50 år på grunn av arbeidsløyse eller dårleg helse. Hadde indikatoren tatt utgangspunkt berre i dei som framleis er yrkesaktive ved 50 år, ville tala vore høgare.

Faggruppa for IA-avtalen har etablert eit indikatorsett for fråfall frå aktive arbeidsforhold. Indikatorane måler fråfall etter langtidssjukefråvær (sjukefråvær utover ni månader) og fråfall ved tidlegpensjonering. Dei måler utviklinga på eit gitt tidspunkt og kan ikkje seie om fråfallet blir varig eller ei. Utviklinga i fråfall etter langtidssjukefråvær som andel av dei langtidssjukmelde har vist ein fallande trend sidan 2016, men med ein liten auke frå 2022 til 2023. Auken det siste året kjem av at talet på dei som har falle frå, har auka noko meir enn talet på langtidssjukmelde har. I perioden 2016–2023 har mellom 29 og 33 pst. av dei langtidssjukmelde falle frå eit aktivt arbeidsforhold seks månader seinare. Det utgjer mellom 15 000 og 18 000 personar årleg. Indikatoren for fråfall ved tidlegpensjonering som andel av tilsette i alderen 62–66 år har halde seg stabil på om lag 1 pst. i perioden 2016–2023. Mellom 11 og 14 pst. av dei tilsette i alderen 62–66 år har i denne perioden gått frå eit aktivt arbeidsforhold til pensjon. Det utgjer mellom 23 000 og 26 000 personar årleg.

For å redusere sjukefråvær og fråfall frå arbeidslivet er det nødvendig å ta i bruk ulike verkemiddel. Eit effektivt og tenleg system for oppfølging av sjukmelde er viktig. Systemet for oppfølging av sjukmelde og tiltak for å styrke rolla dei ulike aktørane har, er omtalte under punkt 6.3.1 Redusere sjukefråværet.

Trepartssamarbeidet er også sentralt for å bidra til å redusere sjukefråvær og fråfall frå arbeidslivet, sjå omtale under punkt 6.3.2 Intensjonsavtalen om eit meir inkluderande arbeidsliv (IA-avtalen).

6.3.1 Redusere sjukefråværet

Systemet for sjukefråværsoppfølging

For å redusere sjukefråværet er det avgjerande med målretta innsats frå alle dei fire sentrale aktørane i sjukefråværsoppfølginga – den sjukmelde, arbeidsgivaren, sjukmeldaren og Arbeids- og velferdsetaten. Det er i dag eit omfattande lovregulert system for rollene dei ulike aktørane har i oppfølginga av sjukefråvær, gjennom både arbeidsmiljølova og folketrygdlova. Arbeidsgivaren har hovudansvaret for å legge arbeidet til rette og for å følge opp arbeidstakarar som er sjukmelde, mens den sjukmelde har plikt til å medverke, vere i arbeidsrelatert aktivitet og til å samarbeide om å finne løysingar. Sjukmeldaren og Arbeids- og velferdsetaten har også klart definerte roller i oppfølgingsarbeidet, og etaten har eit særleg ansvar for å følge opp sjukmelde utan arbeidsgivar. Det er fastsett «stoppunkt» med konkrete krav til oppfølging innan gitte tidsfristar. Godt førebyggande arbeidsmiljøarbeid i verksemdene vil vere eit godt grunnlag for å førebygge og redusere sjukefråværet i verksemdene. Tidleg innsats, tett oppfølging, tilrettelegging, oppfølging av aktivitetskrav og utprøving av arbeidsevne er sentrale element som skal bidra til å redusere sjukefråværet – og som dermed også er viktige for å redusere meir langvarig fråvær og fråfall frå arbeidslivet. For å støtte opp om rollene til dei ulike aktørane i dette systemet og for å sette dei i betre stand til å oppfylle pliktene og rollene sine, er det over tid sett i verk ei rekke tiltak retta mot dei ulike aktørane.

Arbeids- og velferdsetaten arbeider med å utvikle digitale løysingar for å bidra til betre oppfølging og betre brukarmøte for sjukmelde. Det er i gang ei omfattande digitalisering av arbeidet etaten gjer når det gjeld sjukefråvær, ikkje berre for å støtte arbeidet til NAV-rettleiarane, men også for å forbetre tenester retta mot dei sjukmelde, arbeidsgivarar og sjukmeldarar. Det er utvikla digitale løysingar der den sjukmelde og arbeidsgivaren kan be om dialogmøte med Arbeids- og velferdsetaten, og digitale løysningar for innkalling til dialogmøte. Også helseføretaka bruker no digital sjukmelding i større grad. I forlenging av prosjektet informasjonsutveksling mellom NAV og helse (omtalt nedanfor) har etaten gjennomført eit tenestedesignprosjekt på sjukmeldingsløpet, og planlegg for utvikling av ny sjukmelding. Etaten arbeider også med forbetringer for den digitale oppfølgingsplanen som er tilgjengeleg via Altinn.

Gradert (delvis) sjukmelding kan gi auka yrkesdeltaking og kortare sjukefråvær og er derfor eit viktig verkemiddel for å redusere sjukefråværet. Gradert sjukmelding skal vere hovudalternativet ved sjukmelding, og det blir derfor stilt krav til den sjukmelde om at hen så tidleg som mogleg, og seinast innan åtte veker, skal vere i arbeidsrelatert aktivitet.4 Konsekvent handheving av aktivitetskravet kan bidra til å redusere sjukefråværet.5 Den gjennomsnittlege sjukmeldingsgrada gjekk mykje ned i 2004 da aktivitetskravet blei innført og legane blei pålagde å alltid vurdere gradert sjukmelding. Den gjennomsnittlege sjukmeldingsgrada heldt fram med å minke fram mot 2015, før ho auka fram mot 2020, for så å gå ned igjen.6 Arbeids- og velferdsetatens oppfølging av sjukmelde har dei seinare åra blitt justert for å bidra til meir aktivitet.

Seinast innan 26 vekers sjukefråvær skal Arbeids- og velferdsetaten halde dialogmøte 2 mellom den sjukmelde og arbeidsgivaren og eventuelt også med sjukmeldaren til stades.7 Formålet med møtet er å snakke saman om kva som skal til for å hindre at sjukefråværet blir unødig langvarig. Aktørane skal saman sjå på moglegheiter og avgrensingar og legge planar for det vidare oppfølgingsarbeidet. Over tid har det vore ei utvikling i retning av at Arbeids- og velferdsetaten held færre dialogmøte 2. I 2019 innførte etaten ei digital møtebehovsteneste som gir NAV-rettleiarane eit betre informasjonsgrunnlag for å vurdere kven som skal innkallast til dialogmøte 2.

Det er gjennomført fleire studiar av effekten av dialogmøte 2, sjå nærmare omtale i Prop. 1 S (2022–2023). Funna er ikkje eintydige. Det er også gjennomført ein kvalitativ og ein kvantitativ studie om bruken av og effekten av møtebehovstenesta for dialogmøte med Arbeids- og velferdsetaten. Desse studiane8 tyder på at både innføringa av møtebehovstenesta og endra prioriteringar frå Arbeids- og velferdsdirektoratet bidrar til å forklare nedgangen i talet på haldne dialogmøte 2. Funn i den kvalitative studien kan tyde på at ein i større grad gjennomfører dei rette dialogmøta, men at det varierer mykje korleis enkeltsaker blir vurderte, og kva opplysningar som blir vektlagde ved vurderinga av om det skal haldast eit dialogmøte 2. Den kvantitative studien estimerer moglege effektar på sjukefråværet. Estimata er usikre, men færre dialogmøte ser ikkje ut til å ha ført til ein vesentleg auke i den gjennomsnittlege sjukefråværsvarigheita eller sjukmeldingsgrada.

Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjennomfører, saman med Arbeids- og velferdsdirektoratet, eit større arbeid med å utvikle sjukefråværsoppfølginga. Arbeidet tar utgangspunkt i at sjukefråværsoppfølginga skal bidra til at sjukmelde kjem så raskt som mogleg tilbake til jobb, og gjennom det hindre fråfall frå arbeidslivet og overgang til meir varige helserelaterte ytingar. Bakgrunnen for arbeidet er bl.a. erfaringar med og utfordringar ved dagens system sett frå ståstaden til dei ulike aktørane, og dessutan nye moglegheiter som følge av teknologisk utvikling. Partane i arbeidslivet er involverte i arbeidet, som starta opp i 2023 og er ført vidare i 2024. Arbeidet blir også sett i samanheng med forhandlingar om ein ny IA-avtale. Sjå omtale under punkt 6.3.2 Intensjonsavtalen om eit meir inkluderande arbeidsliv (IA-avtalen) nedanfor.

Friskmelding til arbeidsformidling er ei ordning for sjukmelde som av helseårsaker ikkje kan gå tilbake til det arbeidet dei hadde før, men som elles er arbeidsføre. For å få rett til sjukepengar etter denne ordninga må ein ha meldt seg som arbeidssøkar, og arbeidsforholdet ein hadde før, må vere avslutta. Ordninga inneber at den sjukmelde blir friskmeld, men kan behalde sjukepengane fullt ut i inntil tolv veker for å søke nytt arbeid. Ordninga er lite brukt. Arbeids- og velferdsdirektoratet har på oppdrag frå departementet fått gjennomført ei evaluering av ordninga, der formålet var å skaffe meir kunnskap om korleis Arbeids- og velferdsetaten kan auke bruken av ordninga. Oppdraget blei gitt til Oxford Research, som la fram ein rapport frå evalueringa i desember 2023. Departementet og direktoratet arbeider vidare med funn og anbefalingar i samanheng med den nemnde utviklinga av sjukefråværsoppfølginga.

I tilfelle der bedriftsintern tilrettelegging ikkje fører fram, skal Arbeids- og velferdsetaten så tidleg som mogleg vurdere om arbeidsretta tiltak skal prøvast. I slike tilfelle kan også verkemiddel i IA-avtalen vere aktuelle. Eksemplar på slike verkemiddel i avtalen for 2019–2024 er tilskot til ekspertbistand, kompetansetiltak for langtidssjukmelde og tilbodet HelseIArbeid. Verkemidla er nærmare omtalte under 6.3.2 Intensjonsavtalen om eit meir inkluderande arbeidsliv (IA-avtalen) nedanfor.

Tiltak knytte til sjukmeldarrolla og dialog mellom aktørane i eit sjukefråvær

Det er over tid etablert fleire verkemiddel for å støtte opp om sjukmeldarrolla i sjukefråværsoppfølginga. Det er etablert eit avgjerdsstøttesystem som skal gi fagleg støtte til sjukmeldarar og bidra til meir føreseielege vilkår og større likebehandling i sjukmeldingsprosessen. Vidare er det etablert obligatorisk opplæring i sjukmeldingsarbeid for å sikre at legar har tilstrekkeleg kunnskap til å vurdere arbeidsevna til pasientane og moglegheita deira til å vere heilt eller delvis i arbeid. Som ei oppfølging av IA-avtalen 2019–2024 er det etablert ein kursmodul i sjukmeldingsarbeid i regi av Senter for kvalitet i legetenester (SKIL), sjå nærmare omtale under punkt 6.3.2 nedanfor.

For å få rett til sjukepengar krevst det i utgangpunktet personleg oppmøte hos sjukmeldaren for at sjukmeldaren skal kunne vurdere om vilkåra er oppfylte. Frå og med 1. juli 2023 kan legen òg gi sjukmelding ved e-konsultasjon. Legane har ei portvaktrolle for sjukepengar, og det er viktig at denne rolla ikkje blir svekt. Personleg oppmøte er framleis hovudregelen, og alle som ønsker å møte personleg, skal alltid ha rett til det.

I samsvar med Stortingets vedtak nr. 627 (2022–2023) skal retten til å sjukmelde etter e-konsultasjon evaluerast. Departementet har inngått avtale med Nasjonalt senter for e-helseforsking om denne evalueringa, som skal vare ut 2026. Sjå omtale av oppmodingsvedtak i del I, punkt 4 Oppmodingsvedtak.

Ei ekspertgruppe som har gjennomgått allmennlegetenesta, la i april 2023 fram ein rapport for Helse- og omsorgsdepartementet med fleire forslag til tiltak som kan bidra til å redusere arbeidsbelastninga til fastlegane. Rapporten inneheld også forslag på ansvarsområdet til Arbeids- og inkluderingsdepartementet, bl.a. endringar knytte til oppfølging og attestering ved sjukefråvær i arbeidsgivarperioden (dei første 16 dagane). Rapporten var på offentleg høyring hausten 2023, og regjeringa arbeider med å vurdere forslaga.

Arbeidsgivaren har etter folketrygdlova § 8-24 fjerde ledd høve til å gi arbeidstakaren rett til å bruke eigenmelding i heile arbeidsgivarperioden. Arbeids- og inkluderingsdepartementet gav i mai 2024 Proba samfunnsanalyse i oppdrag å kartlegge bruken av utvida rett til eigenmelding innanfor gjeldande regelverk, og effektar av det. Rapport skal leverast 30. november 2024.

Arbeids- og velferdsdirektoratet har i samråd med Helsedirektoratet utarbeidd rapporten Informasjonsutveksling mellom NAV og fastleger – en gjennomgang av attester og erklæringer som fastleger utsteder for Arbeids- og velferdsetaten. I rapporten er det anbefalt å halde fram arbeidet med å digitalisere dialogen mellom Arbeids- og velferdsetaten og fastlegar og anna helsepersonell. Det kjem fram at det største forbetringspotensialet handlar om korleis informasjonsinnhentinga blir gjennomført, irekna prosessen for dialog og samhandling. Som følge av rapporten ga Arbeids- og inkluderingsdepartementet og Helse- og omsorgsdepartementet eit felles oppdrag til Arbeids- og velferdsdirektoratet, Direktoratet for e-helse og Helsedirektoratet om forbetra informasjonsutveksling mellom Arbeids- og velferdsetaten og helsetenesta. Direktorata leverte 1. oktober 2023 rapporten Nå snakker vi der dei skisserte fleire anbefalingar for korleis ein bør gå fram for å betre informasjonsutvekslinga. Departementa har bede direktorata om å følge opp anbefalingane i rapporten i tildelingsbrev for 2024. Arbeidet med oppfølging av tilrådingane vil ikkje vere ferdig i 2024, men vil strekke seg over fleire år.

Sysselsettingsutvalet peika på behovet for å utvikle betre digital samhandling mellom alle aktørane i sjukefråværsoppfølginga.9 Regjeringa og partane vil i samanheng med forhandlingane om ein ny IA-avtale vurdere å igangsette eit oppdrag for å utgreie korleis behova for informasjonsdeling og dialog mellom aktørane kan bli tilstrekkeleg dekt.

Andre tiltak for å redusere sjukefråværet

Sysselsettingsutvalet har i rapportane sine diskutert tiltak for å redusere sjukefråværet.10 Dei har særleg lagt vekt på å redusere langtidsfråværet og dermed også redusere risikoen for fråfall frå arbeidslivet. Dei har foreslått tiltak knytte til sjukepengeordninga og til oppfølging av sjukmelde. Regjeringa vurderer i samråd med partane i arbeidslivet korleis forslag frå utvalet på dette området eventuelt skal følgast opp. I samanheng med forhandlingar om ein eventuell ny IA-avtale er det lagt opp til at regjeringa og partane skal drøfte enkelte sider av sjukepengeordninga.

Vista Analyse og Frischsenteret har evaluert og greidd ut moglege endringar i skjermingsordninga for kronisk sjuke og forsikringsordninga for små bedrifter. Rapporten blei publisert i september 2022. Oppfølginga av rapporten vil bl.a. bli sett i samanheng med IA-drøftingane.

6.3.2 Intensjonsavtalen om eit meir inkluderande arbeidsliv (IA-avtalen)

Eitt av verkemidla for å redusere sjukefråvær og fråfall frå arbeidslivet er intensjonsavtalen om eit meir inkluderande arbeidsliv (IA-avtalen). Den noverande avtalen varer ut 2024.

IA-avtalen er ein avtale mellom myndigheitene og partane i arbeidslivet om å skape eit arbeidsliv med plass til alle gjennom å førebygge og redusere sjukefråvær og fråfall, og på den måten bidra til å auke sysselsettinga. Arbeidet med å førebygge og redusere sjukefråvær skal skje på den enkelte arbeidsplassen, og innsatsområda, organiseringa og verkemidla i avtalen skal støtte opp under arbeidet til verksemdene.

IA-avtalen 2019–2024 har to mål. Det eine målet er å redusere sjukefråværet med 10 pst. samanlikna med årsgjennomsnittet for 2018, som var på 5,7 pst. Det andre målet er å redusere fråfallet frå arbeidslivet. Den bransje- og sektorvise utviklinga innan arbeidsmiljø, sjukefråvær og fråfall er viktig for utviklinga i dei nasjonale måla i avtalen. For å støtte opp under måla i avtalen er betre førebyggande arbeidsmiljøarbeid og innsats mot lange og/eller hyppig gjentakande sjukefråvær løfta fram som innsatsområde i avtalen.

I første halvåret 2024 var sjukefråværet 19 pst. høgare enn i 2018. Det var dermed vel 32 pst. høgare enn målet i IA-avtalen. Det har vore ein liten auke i fråfallet etter langtidssjukmelding (som andel av alle sysselsette) frå 2022 til 2023. Fråfallet blant arbeidstakarar i alderen 62–66 år ved tidlegpensjonering har vore om lag uendra i perioden 2018–2023.

Oppfølginga av IA-avtalen på nasjonalt nivå blir varetatt gjennom Arbeidslivs- og pensjonspolitisk råd, som er sett saman av partane i arbeidslivet og myndigheitene og blir leidd av arbeids- og inkluderingsministeren. Den operative oppfølginga blir varetatt av ei partssamansett koordineringsgruppe leidd på statssekretærnivå i Arbeids- og inkluderingsdepartementet. Ei partssamansett faggruppe følger og drøftar statusen for og utviklinga i IA-måla.

I samanheng med forlenginga av IA-avtalen hausten 2022 blei avtalepartane einige om å opprette eit samarbeidsforum for å drøfte aktuelle problemstillingar om arbeidsinkludering. Samarbeidet skal bidra til å utvikle innsatsen frå partane og myndigheitene for å inkludere fleire som står utanfor arbeidslivet. Forumet består av IA-partane og blir leidd av Arbeids- og inkluderingsdepartementet på statssekretærnivå. Helse- og omsorgsdepartementet og Kunnskapsdepartementet deltar også på embetsnivå.

For å få ned sjukefråværet må innsatsen vere basert på kunnskap om kva for tiltak som har effekt. IA-avtalen skal stimulere til kunnskapsutvikling, både innanfor innsatsområda i avtalen og når det gjeld tiltak på arbeidsplassane og partssamarbeidet på arbeidsplassnivå. Det er sett av midlar til å utvikle betre data- og kunnskapsgrunnlag. Det er etablert eit statistikkforum og eit FoU-program, begge leidde av Arbeids- og velferdsdirektoratet. Det er vidare iverksett FoU-aktivitetar for å evaluere bransjeprogramma og arbeidsmiljøsatsinga. For nærmare omtale, viser vi til programkategori 09.00, kap. 601, post 22.

Verkemiddel i IA-avtalen

IA-avtalen 2019–2024 omfattar desse verkemidla:

  • Arbeidsmiljøsatsing

  • Bransjeprogram

  • Opplæring i arbeidsmiljøarbeid

  • Ei koordinert arbeidslivsteneste

  • Tilskot til ekspertbistand

  • Forsøk med kompetansetiltak

  • HelseIArbeid

  • Betre data- og kunnskapsgrunnlag

  • Utvikling av kursmodul i sjukmeldingsarbeid

Verkemidla er nærmare omtalte nedanfor og til dels også under programkategoriane.

Arbeidsmiljøsatsinga, i regi av Arbeidstilsynet, STAMI, Arbeids- og velferdsetaten og Havindustritilsynet, bidrar til å støtte opp under ansvaret partane har for førebyggande arbeidsmiljøarbeid i verksemdene. Satsinga bygger og gjer tilgjengeleg bransjespesifikk kunnskap om arbeidsmiljø, og myndigheitene har auka rettleiings-, informasjons- og tilsynsarbeidet. Satsinga skal støtte det førebyggande arbeidsmiljøarbeidet i verksemdene på dei områda som i størst grad bidrar til å redusere sjukefråvær og fråfall. Det er gjennom satsinga etablert ein nettbasert portal for å formidle målretta og bransjeretta kunnskap og verktøy om effektivt førebyggande arbeidsmiljøarbeid til ulike bransjar/sektorar og verksemder. Per juni 2024 er det utvikla og lansert innhald for 26 bransjar på portalen. Arbeidsmiljøportalen er eit langsiktig arbeid som vil bli bygd ut over tid. Agenda Kaupang har utført ei følgeevaluering av arbeidsmiljøsatsinga, og sluttrapporten var klar i mai 2023. Rapporten viser bl.a. at det har vore ei betydeleg positiv utvikling i arbeidsmiljøsatsinga sidan starten, og at dei involverte aktørane opplever satsinga som relevant. Verktøya og produkta frå satsinga framstår likevel ikkje som godt nok kjende ute blant norske verksemder. Arbeidet med å få verksemdene til å ta i bruk kunnskapen og verktøya blir derfor prioritert framover. Regjeringa er i dialog med partane i arbeidslivet om korleis formidlingsarbeidet retta mot verksemdene bør innrettast.

For å målrette innsatsen mot bransjar og sektorar som har stort potensial for å redusere sjukefråvær og fråfall, er det etablert bransjeprogram i sju bransjar: sjukehus, sjukeheimar, barnehagar, leverandørindustrien innanfor olje og gass, næringsmiddelindustrien, rutebuss og persontrafikk og bygg og anlegg. Eit viktig mål for bransjeprogramma er å tydeleggjere og forsterke det arbeidet partane gjer på bransje- og verksemdsnivå, og det er partane som har hovudansvaret for å drive programma. Myndigheitene, ved Arbeidstilsynet, Arbeids- og velferdsetaten og Havindustritilsynet, deltar på strategisk nivå. Bransjeprogramma prøver ut ulike målretta og kunnskapsbaserte tiltak retta mot reelle behov på den enkelte arbeidsplassen. Gjennomføringa skjer i regi av relevante organisasjonar på bransjenivå og i samarbeid mellom partane på arbeidsplassane. Sjå nærmare omtale under kap. 601, post 71. På oppdrag frå Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjennomførte Deloitte ei evaluering av IA-bransjeprogram. Evalueringa blei levert i desember 2023, og fann at bransjeprogram er eit eigna verkemiddel for å bidra til å oppnå måla og ambisjonane i IA-avtalen. Deloitte vektlegg at bransjeprogram bidrar til betre partssamarbeid både på lokalt og sentralt nivå, og at bransjeretting gjer at kunnskap, aktivitetar og tiltak i større grad rettes inn mot spesifikke utfordringar i bransjen og opplevast relevante for verksemdene. Myndigheitene vil saman med partane framover arbeide for at verkemidla bransjeprogram og arbeidsmiljøsatsinga skal byggje på einannan, og for at gode tiltak frå bransjeprogram blir spreidd i bransjen som heilheit. STAMI har fått midlar til å gjennomføre arbeidsmiljøkartleggingar i bransjar som har bransjeprogram. Sluttrapportar frå desse kartleggingane vil vere klare i 2024.

Opplæring i arbeidsmiljøarbeid er eit verkemiddel i IA-avtalen, der partane i arbeidslivet har eit særleg ansvar for oppfølging. Det går fram av avtalen at organisasjonane skal bidra til betre og kunnskapsbasert opplæring i arbeidsmiljøarbeid. Opplæring i arbeidsmiljø og målretta arbeidsmiljøarbeid skal bygge på kunnskap og kompetanse frå arbeidsmiljøsatsinga og skal inngå i leiar-, tillitsvald- og verneombodsopplæringa. På vegner av Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjorde Deloitte ei evaluering av opplæring i arbeidsmiljøarbeid. Evalueringa peiker på enkelte barrierar for at organisasjonane kan bidra til ei betre og meir kunnskapsbasert opplæring. Samtidig trekk evalueringa fram at forutsetningane for å lykkast med oppdraget er betre i dag enn dei var ved verkemiddelets oppstart.

For omtale av arbeidsmiljøtilstanden, viser vi til del I, punkt 3.4 Arbeidsmiljøtilstanden. For nærmare omtale av arbeidsmiljø- og sikkerheitsområdet, viser vi til punkt 6.2 Eit sikkert og seriøst arbeidsliv. For omtale av Arbeidstilsynet, Havindustritilsynet og Statens arbeidsmiljøinstitutt, viser vi til programkategori 09.40.

Oppfølging av IA-avtalen er eit oppdrag for heile Arbeids- og velferdsetaten, og mest sentralt er NAV Arbeidslivssenter, NAV-kontor, NAV Kontaktsenter, NAV Hjelpemiddel og tilrettelegging og informasjon på nav.no og idebanken.org. Den samla innsatsen til Arbeids- og velferdsetaten overfor verksemdene skal sikre heilskaplege og koordinerte tenester til arbeidsgivarar i form av sjølvbetente digitale tenester og tenester med prosesstøtte til prioriterte verksemder. Arbeids- og velferdsetatens innsats overfor verksemdene er retta mot å støtte opp under arbeidet deira med å utvikle arbeidsmiljøet og forbetre sjukefråværsoppfølginga.

Primæroppgåvene til NAV Arbeidslivssenter er oppfølging av verksemder innanfor IA-arbeid og i tillegg prosessrettleiing av verksemder innanfor disse fire hovudtenestene: reduksjon av sjukefråværet, førebyggande arbeidsmiljøarbeid, utvikling av partssamarbeidet og bedriftstiltaket HelseIArbeid. For i størst mogleg grad å bidra til å nå måla i IA-avtalen, er innsatsen frå NAV Arbeidslivssenter retta mot dei verksemdene med høgast sjukefråvær og størst potensial for å redusere sjukefråværet. Det er i avtaleperioden gjennomført fleire evalueringar av NAV Arbeidslivssenter og tenestene dei tilbyr. På oppdrag frå Arbeids- og velferdsdirektoratet gjennomførte Oslo Economics11 ei kartlegging av arbeidet til NAV Arbeidslivssenter. Rapporten, som blei levert i mai 2023, viser at dei verksemdene som får hjelp opplever positive verknader i form av betre arbeidsmiljø og redusert sjukefråvær, men at det ser ut til å vere potensial for å nå ut til fleire verksemder og behov for å målrette bistanden ytterlegare, slik at sentera i enda større grad treffer bransjar og verksemder med store utfordringar.

Som ein del av IA-avtalen 2019–2024 er det etablert ei ordning med tilskot til ekspertbistand til bruk i enkeltsaker med lange og/eller hyppig gjentakande sjukefråvær. Ordninga kan bli tilbydd når arbeidstakaren og arbeidsgivaren har vurdert og/eller forsøkt å løyse utfordringane på arbeidsplassen utan å lykkast. Arbeidsforskningsinstituttet (AFI) har i samarbeid med Proba samfunnsanalyse evaluert ordninga med tilskot til ekspertbistand.12 Evalueringa frå 2022 viste at til tross for informasjonsarbeidet som var gjennomført, var kjennskapen til ordninga blant arbeidsgivarar låg. Ei ny evaluering frå juni 2024 viser at bruken av ordninga har auka betydeleg, men at det er store variasjonar mellom fylker og bransjar, og at kjennskapen til ordninga framleis er relativt låg. Dei fleste arbeidsgivarar og arbeidstakarar som har nytta ordninga, opplever at ekspertbistanden har bidratt til å avklare situasjonen og finne løysningar. Det blei også peikt på at ekspertbistand kan bidra til å styrke arbeidsmiljøkompetansen til arbeidsgivaren.13 Arbeids- og velferdsdirektoratet har i samråd med partane i arbeidslivet etablert ei referansegruppe som skal vurdere moglege tiltak for å gjere ordninga betre kjend og slik bidra til at ho blir tatt meir i bruk.

Det er også sett i gang eit forsøk med kompetansetiltak for sjukmelde som på grunn av sjukdom eller skade ikkje kan komme tilbake til den tidlegare arbeidsgivaren sin. Ei evaluering frå Oslo Economics viste at meir enn halvparten av deltakarane i kompetansetiltak fikk ny jobb etter at dei hadde slutta i tiltaket, men av disse held ein av fem fram med å ta imot helserelaterte ytingar (i hovudsak arbeidsavklaringspengar). Vurderinga til Arbeids- og velferdsdirektoratet er at tiltaket truleg har styrka jobbmoglegheitene til dei sjukmeldte som har deltatt. Rekrutteringa til forsøket har vore dårlegare enn ein opphavleg trudde. Hovudårsaka er at det berre er mogleg å tilby relativt korte AMO-kurs innanfor sjukepengeperioden på maksimalt 52 veker, og slike kurs er lite relevante for dei fleste i målgruppa for forsøket. Oslo Economics finner likevel at forsøket har bidratt til utvikling av arbeidsmetodikk og organisering av sjukefraværsoppfølginga i Arbeids- og velferdsetaten og ny kunnskap om bruken av opplæringstiltak for sjukmelde.

Tilskot til ekspertbistand og forsøk med kompetansetiltak for sjukmelde er nærmare omtalte under kap. 2650, post 76.

HelseIArbeid er eit tiltak i IA-avtalen og ein modell for tenestesamhandling om helsefremmande og førebyggande tiltak retta mot arbeidslivet. Modellen siktar seg inn mot grupper som står i fare for å bli sjukmelde eller falle ut av arbeidslivet på grunn av muskel-, skjelett- og/eller psykiske plager. Vidare består modellen av eit bedriftstiltak retta mot verksemdene og eit individtiltak retta mot enkeltpersonar. Det er fleire pågåande forskingsprosjekt både av bedriftstiltaket og individtiltaket. Dette er nærmare omtalt under punkt 6.4 God inkludering av utsette grupper i arbeidsmarknaden.

IA-FoU-programmet blei etablert for å bidra til betre kunnskapsutvikling innanfor innsatsområda for IA-avtalen. Formålet er å gjere kunnskapsutviklinga meir målretta, handterleg, koordinert og heilskapleg. Som ein del av dette programmet har det blitt sett i gang fleire forskingsaktivitetar knytte til fokusområda i IA-avtalen: førebyggande arbeidsmiljøarbeid og innsats mot lange og/eller hyppige gjentakande sjukefråvær. Arbeids- og velferdsetaten publiserer resultata frå desse aktivitetane på nettsidene sine.14

Statistikkforum blei etablert for å bidra til samarbeid og koordinering mellom statistikkprodusentane Arbeids- og velferdsdirektoratet, STAMI og Statistisk Sentralbyrå på område knytte til IA-avtalen 2019–2024. I tillegg er det eit formål at forumet skal bidra til eit godt samarbeid med faggruppa for IA-avtalen og andre grupper som er etablerte i regi av IA-avtalen, og som har behov for statistikk. Forumet har sett i gang fleire statistikkutviklingsprosjekt bl.a. knytte til sjukefråvær og arbeidsmiljø. Det er bl.a. sett av midlar til etablering og drift av eit nasjonalt arbeidstidsregister i STAMI, til utviding av utval for levekårsundersøking om arbeidsmiljø (LKU-A), og til ei rekkje mindre statistikkutviklingsprosjekt.

Som ei oppfølging av IA-avtalen og for å støtte sjukmeldingsarbeidet til legar har Senter for kvalitet i legetenester (SKIL) utvikla ein kursmodul i sjukmeldingsarbeid, som no er del av det faste kurstilbodet frå SKIL.

I samanheng med forlenginga av IA-avtalen hausten 2022 var regjeringa og partane i arbeidslivet einige om å føre vidare verkemidla i avtalen. Dei var vidare einige om å vurdere tiltak for å revitalisere og forsterke IA-samarbeidet på den enkelte arbeidsplassen.

Forhandlingar om ein eventuell ny i IA-avtale frå 2025

IA-avtalen 2019–2024 varer ut desember 2024. Regjeringa er hausten 2024 i forhandlingar med partane i arbeidslivet om ein eventuell ny IA-avtale frå 2025. Forhandlingane omfattar både eventuell vidareføring av dagens verkemiddel og eventuelle nye verkemiddel.

6.4 God inkludering av utsette grupper i arbeidsmarknaden

For å nå regjeringa sitt sysselsettingsmål må vi mobilisere, motivere og kvalifisere fleire av dei som står utan arbeid, og styrke moglegheitene deira til å komme i jobb.

Det er for mange i yrkesaktiv alder som ikkje deltar i arbeidsmarknaden, og talet på personar med nedsett arbeidsevne har auka sidan 2019. Fleire av dei som har vore utan arbeid lenge, har omfattande bistandsbehov og treng arbeidsretta oppfølging for å komme i jobb. Personar med låg formell kompetanse, personar med helseproblem og nokre innvandrargrupper er overrepresenterte blant dei som har utfordringar med å komme i arbeid. I tillegg er det mange unge som strever med å få innpass i arbeidslivet.

For å bidra til god inkludering av utsette grupper i arbeidsmarknaden er det sentralt å motverke passivitet og styrke jobbmoglegheitene for personar med nedsett arbeidsevne og arbeidsledige som har problem med å skaffe seg arbeid på eiga hand. Vidare er det viktig å motverke utstøyting og diskriminering, og sikre eit tilrettelagt arbeidstilbod for grupper som treng det.

Det er eit mål for regjeringa at personar med nedsett funksjonsevne skal kunne delta i arbeid på linje med andre. Hjelpemiddel og tilrettelegging er sentrale verkemiddel for å hjelpe denne gruppa inn i arbeidslivet og til å bli verande i jobb.

Mange av dei som står utanfor arbeidslivet, opplever fleire utfordringar samtidig. Det dreier seg ofte om manglande kompetanse og psykiske og/eller fysiske helseproblem. Samarbeidet mellom ulike offentlege tenester er viktig, og verkemidla innanfor arbeids- og velferdspolitikken og på utdannings- og helsefeltet må sjåast i samanheng for at personar med samansette utfordringar skal få god hjelp. Arbeids- og velferdsetaten samarbeider derfor med andre tenester for å få på plass fleire tilrettelagde tilbod, blant anna knytte til helse og utdanning. Det er særleg viktig å fange opp unge tidleg, slik at dei får nødvendig bistand til å fullføre utdanning og delta i arbeidslivet.

Under dette målet omtaler vi korleis innsats innanfor arbeids- og velferdspolitikken, i samarbeid med opplærings- og helsepolitikken, kan bidra til god inkludering i arbeid for utsette grupper.

6.4.1 Innsats for unge

Mange unge strever med å komme i jobb. Det er også viktig å tidleg fange opp unge som står i fare for å falle ut av arbeidslivet, slik at dei får nødvendig bistand til å fullføre utdanning og delta i arbeidslivet. Unge personar som ikkje kjem inn i og får fotfeste i arbeidsmarknaden, risikerer å bli ståande varig utanfor.

Mange unge som har behov for arbeidsretta oppfølging frå Arbeids- og velferdsetaten har ikkje fullført vidaregåande opplæring og har lite arbeidserfaring. Ein stor andel har også nedsett arbeidsevne og helseproblem, særleg psykiske plager og lidingar, og andre tilleggsutfordringar. Unge innvandrarar med svake norskferdigheiter og lågt utdanningsnivå er særleg utsette i arbeidsmarknaden.

Ungdomsgarantien i Arbeids- og velferdsetaten skal sikre at unge får tidleg, tilpassa og tett oppfølging heilt fram til arbeid. Målgruppa for ungdomsgarantien er personar under 30 år som har eit behov for arbeidsretta bistand for å komme i arbeid.

I Meld. St. 33 (2023–2024) En forsterket arbeidslinje foreslår regjeringa fleire tiltak som vil forsterke og vidareutvikle innsatsen for unge. For å heve kvaliteten i tilbodet til unge med samansette problem og støtte opp under ungdomsgarantien vil regjeringa utvikle betre lågterskeltilbod og meir tilpassa tenester. Fleire kommunar manglar eit hensiktsmessig tilbod for unge som fell utanfor arbeid og utdanning, særleg for unge som ikkje kan nytte statlege arbeidsmarknadstiltak. Derfor ønsker regjeringa å sette i gang eit utviklingsarbeid i arbeids- og velferdsforvaltninga som skal bidra til at utsette unge er betre førebudd til arbeidslivet. Utviklingsarbeidet vil bestå i å utarbeide og prøve ut lokale arbeidsretta lågterskeltilbod i utvalde kommunar, modellar for kvalifisering og inkludering på arbeidsplassen, og samarbeid om å førebygge fråfall frå vidaregåande opplæring og auke inkluderinga i arbeid og utdanning. Utviklingsarbeidet vil bli følgt opp gjennom ei følgjeevaluering. Regjeringa foreslår å løyve 17 mill. kroner til å utvikle slike tenester i 2025, sjå omtale under del II kap. 605, post 01, kap. 605, post 22 og kap. 621, post 63.

Regjeringa vil også etablere eit forsøk med eit arbeidsretta ungdomsprogram med ei ny ungdomsyting, der nedsett helsetilstand ikkje er eit inngangsvilkår. Programmet skal gi tett oppfølging og stiller høge krav til arbeidsretta aktivitet. Det inneber krav om å delta i arbeidsmarknadstiltak eller annan arbeidsretta aktivitet som er tilpassa behova til den enkelte. Programmet skal vere tidsavgrensa, på tilnærma heiltid og inntektssikringa føreset at aktivitetane blir gjennomført. Målet er å auke overgangen til jobb og utdanning, og førebygge og avgrense tilstrøyminga til helserelaterte ytingar. Regjeringa tar sikte på å starte forsøket hausten 2025, og foreslår å løyve 30 mill. kroner til ei ny saksbehandlingsløysing, sjå omtale under del II kap. 605, post 01.

I juni 2024 fekk Arbeids- og inkluderingsdepartementet ein søknad frå Arbeids- og velferdsdirektoratet om å etablere eit forsøk med «Eit enklare NAV». Prosjektet er eit samarbeid mellom NAV Falkenborg, NAV Lerkendal, Trondheim kommune, statsforvaltaren i Trøndelag, NAV Trøndelag og Arbeids- og velferdsdirektoratet. Forsøket skal prøve ut éin stønad til unge under 30 år med tett og individuelt tilpassa oppfølging og aktivitet.

Målet med «Eit enklare NAV» og forsøket med arbeidsretta ungdomsprogram er i stor grad samanfallande. Begge forsøka skal bidra til at unge kjem raskare i gang med arbeidsretta oppfølging, bl.a. ved at dei får tilgang til inntektssikring utan eit helserelatert inngangsvilkår. Likevel har forsøka forskjellig innretning. «Eit enklare NAV» inneber at dagens inntektsikringsordningar, med unntak av sosialhjelp, blir erstatta med éi yting for aldersgruppa 18–29 år. Søknaden er til behandling i departementet. Forsøket med arbeidsretta ungdomsprogram er meir avgrensa. Andre ordningar som arbeidsavklaringspengar og uføretrygd, vil i dette forsøket vidareførast med dagens regelverk.

For unge som står langt frå arbeidsmarknaden kan det vere behov for arbeidsmarknadstiltak som gir føreseielege rammar både for dei unge og for arbeidsgivarane over ein lengre periode. Regjeringa vil sette i gang eit forsøk med fireårig lønnstilskot for utsette unge som står i fare for å bli uføretrygda, eller som allereie er uføretrygda, sjå nærmare omtale under del II programkategori 09.30 Arbeidsmarknad.

Fleire ulike satsingar er retta mot unge. Unge med psykiske lidingar og/eller rusmiddelproblem er målgruppa for forsøk med IPS ung. IPS ung inneber tett og samtidig oppfølging frå Arbeids- og velferdsetaten og helse- og omsorgstenesta for å få fleire til å gjennomføre utdanning og komme over i lønt arbeid. Sjå også omtale under punkt 6.4.3 Arbeid og helse.

Arbeids- og velferdsetaten samarbeider med oppfølgingstenesta i fylkeskommunen om unge som fell ut av vidaregåande opplæring. I den nye opplæringslova som gjeld frå hausten 2024, er den øvre aldersgrensa for målgruppa for oppfølgingstenesta heva frå 21 år til 24 år. Det vil innebera at samarbeidsflata mellom etaten og den fylkeskommunale oppfølgingstenesta aukar.

Regjeringa vil innhente meir kunnskap om erfaringar med samarbeid og samordning mellom arbeid, helse og utdanning med sikte på ein meir koordinert og heilskapleg oppfølging av unge med samansette bistandsbehov.

Innsatsen for utsette unge må sjåast i samanheng med oppfølginga av FNs berekraftsmål, delmål 8.6 om å vesentleg redusere prosentandelen unge som verken er i arbeid, under utdanning eller i opplæring. Oppfølginga av berekraftsmåla er omtala samla i del III.

6.4.2 Kompetanse for inkludering og omstilling

Personar som står utanfor arbeidslivet på grunn av låge kvalifikasjonar utgjer ein arbeidskraftreserve som i større grad må bli mobilisert og kvalifisert slik at fleire kjem i arbeid. I Meld. St. 33 (2023–2024) En forsterket arbeidslinje har regjeringa foreslått fleire tiltak for å styrke kvalifikasjonane til den enkelte.

Arbeidsmarknadspolitikken og utdanningspolitikken må virke godt saman. I den nye opplæringslova, som tredde i kraft hausten 2024, er retten til opplæring utvida slik at langt fleire kan fullføre vidaregåande opplæring eller få kompetansepåfyll i vaksen alder. Det gir nye moglegheiter også for arbeids- og velferdsforvaltninga sine brukarar. Samtidig vil innføringa av modulstrukturert opplæring som hovudmodell for all opplæring for vaksne, bidra til meir fleksible og tilpassa opplæringsløp. Samla vil endringane lette samhandlinga mellom utdaningssektoren og arbeids- og velferdsforvaltninga.

For at fleire skal få tilgang til opplæringstiltak som gir formell kompetanse må tilboda i Arbeids- og velferdsetaten bli betre tilpassa brukarane sine behov. Regjeringa vil derfor foreslå endringer i opplæringstiltaket til Arbeids- og velferdsetaten. For å bidra til at fleire med nedsett arbeidsevne kan gjennomføre høgare utdanning som opplæringstiltak vil regjeringa vurdere å utvide varigheita på tiltaket for dei som har behov for studiespesialisering før dei kan begynne på høgare utdanning.

Nokre treng norskopplæring eller opplæring på grunnskolenivå for å kunne fullføre eit opplæringsløp. Det gjeld særleg innvandrarar. For å gi eit meir heilskapleg tilbod til målgruppa vil regjeringa opne for å innvilge førebuande opplæring for vaksne som opplæringstiltak i Arbeids- og velferdsetaten, og utvide varigheita av opplæringstiltaket for personar som gjennomfører førebuande opplæring i forkant av eller i kombinasjon med fag- og yrkesopplæring. Regjeringa vil vidare legge til rette for at fleire innvandrarar skal kunne få tilbod om norskopplæring som arbeidsmarknadstiltak, eventuelt i kombinasjon med andre tiltak.

I 2021 fekk Arbeids- og velferdsdirektoratet og Kompetanse Noreg, i dag Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse, i oppdrag å inngå eit samarbeid om å utvikle effektive og gode utdannings- og opplæringstenester for arbeidsledige, permitterte og utsette grupper i arbeidsmarknaden. Oppdragsgivarar var Arbeids- og inkluderingsdepartementet og Kunnskapsdepartementet. Seinare er samarbeidet utvida til også å omfatte Integrerings- og mangfaldsdirektoratet. Oppdraget blir ført vidare i 2025.

For å stimulere til utvikling og utprøving av modellar for tilpassa opplærings- og utdanningstiltak er det etablert fleire forsøk og tilskotsordningar, sjå for eksempel forsøk med tilrettelagd opplæring under del II programkategori 09.30 Arbeidsmarknad. For nærmare omtale av ulike modellar for tilpassa opplæring og utdanning sjå omtale i Meld. St. 33 (2023–2024) En forsterket arbeidslinje. Erfaringar frå forsøka og tilskotsordningane vil vere viktige innspel til vidareutvikling av tilbod om tilrettelagt fag- og yrkesopplæring. Regjeringa vil føre vidare og forsterke samarbeidet mellom utdanningssektoren og arbeids- og velferdsforvaltninga, og bidra til at verkemiddel og system støttar betre opp om kvarandre.

For ytterlegare omtale av relevante tiltak på integreringsfeltet viser vi til punkt 6.5 God integrering av innvandrarar i arbeid og samfunn. Sjå også omtale av opplæringstiltak og andre arbeidsmarknadstiltak frå Arbeids- og velferdsetaten under programkategori 09.30 Arbeidsmarknad. Politikken til regjeringa på området til Arbeids- og inkluderingsdepartementet må også sjåast i samanheng med politikken til regjeringa på området til Kunnskapsdepartementet. Sjå Prop. 1 S (2024–2025) for Kunnskapsdepartementet for nærmare omtale.

6.4.3 Arbeid og helse

Mange med ulike helseproblem står utanfor arbeidslivet, og har behov for samtidig bistand frå både arbeids- og velferdsforvaltninga og helse- og omsorgstenestene for å komme i arbeid og få betre helse. Fleire har også kompetansemessige utfordringar, jf. omtale under punkt 6.4.2 Kompetanse for inkludering og omstilling. Personar som får behandling og arbeidsretta bistand samtidig, kjem i mange tilfelle raskare i arbeid enn dei som får arbeidsretta tenester etter eller seint i behandlingsforløpet. Helse- og omsorgstenestene og arbeids- og velferdsforvaltninga må derfor samarbeide for å kunne møte behovet brukarane har for tenester. Behovet for og tiltak knytte til samarbeid mellom Arbeids- og velferdsetaten og helsesektoren er blant anna omtala i Meld. St. 33 (2023–2024) En forsterket arbeidslinje, som regjeringa nyleg har lagt fram.

Helse- og omsorgsdepartementet og Arbeids- og inkluderingsdepartementet vil i 2025 føre vidare samarbeidet med mål om å betre tenestetilbodet til personar som treng samtidige helsetenester og arbeidsretta tenester for å bli verande i eller komme i arbeid. Målet er at fleire med nedsett arbeidsevne og ulike helseproblem skal kunne delta i arbeidslivet.

Helsedirektoratet og Arbeids- og velferdsdirektoratet fører derfor også vidare samarbeidet om å utvikle arbeid- og helseområdet som fagfelt. Direktorata har sett ned eit nasjonalt fagråd for arbeid og helse, som skal styrke fagrolla til myndigheitene ved å gi kunnskapsbaserte råd. Rådet er evaluert og blir vidareført for ein ny periode. Direktorata har utarbeidd ein felles strategi, som vektlegg blant anna tidleg innsats, større satsing på lokale aktørar og kunnskaps- og kompetansebygging på tvers av sektorar. Direktorata samarbeider om oppfølginga av denne strategien.

Det er over tid utvikla fleire samhandlingsmodellar for ulike grupper av brukarar og pasientar som treng samtidige eller samordna tenester frå arbeids- og helsesektoren. Det går også føre seg arbeid med å utvikle nye modellar, sjå nærmare omtale nedanfor. Direktorata utarbeider også felles nasjonale faglege anbefalingar for tenesteutøvarar innan fagområdet, i første omgang for Individuell jobbstøtte (IPS) og HelseIArbeid. Desse anbefalingane skal etter planen ferdigstillast i løpet av 2024.

IPS skal bidra til at personar med moderate til alvorlege psykiske lidingar og/eller rusmiddelproblem kjem over i lønt arbeid. Tett og samtidig oppfølging frå Arbeids- og velferdsetaten og helse- og omsorgstenesta set den enkelte deltakeren i betre stand til å få og behalde arbeid. IPS kan tilbydast brukarar som er under behandling i psykisk helsevern eller tverrfagleg spesialisert rusbehandling i spesialisthelsetenesta eller får oppfølging frå psykisk helse- og rustenester i kommunen. I 2021 starta også eit forsøk for unge under 30 år med psykiske lidingar og/eller rusproblem, IPS ung. Målet med IPS ung er at fleire gjennomfører utdanning og kjem i ordinært lønt arbeid. I ei evaluering som Arbeidsforskningsinstituttet ved Oslo Met har gjennomført, fant forskarane at IPS ung bidrar til auka arbeidsdeltaking, særleg for den eldste delen av målgruppa.

Regjeringa vil føre vidare og bygge ut tilbodet om IPS. For 2025 foreslår regjeringa å auke løyvinga til arbeidsmarknadstiltak, sjå nærmare omtale under programkategori 09.30 Arbeidsmarknad. Auken gir grunnlag for å styrke innsatsen med Individuell jobbstøtte (IPS). Satsinga må også sjåast i samanheng med bl.a. Meld. St. 23 (2022–2023) Opptrappingsplan for psykisk helse (2023–2033) og Meld. St. 33 (2023–2024) En forsterket arbeidslinje.

Også mange med milde til moderate psykiske lidingar og/eller rusmiddelproblem har behov for å kombinere arbeidsretta tenester og behandling. Som varsla i Meld. St. 23 (2022–2023) Opptrappingsplan for psykisk helse (2023–2033) og etter anbefaling frå Helsedirektoratet og Arbeids- og velferdsdirektoratet, er det sett i gang eit arbeid for å utvikle og prøve ut to ulike modellar for tenestesamhandling mellom Arbeids- og velferdsetaten og kommunehelsetenesta. Modellane er retta mot personar med milde til moderate psykiske lidingar og/eller rusproblem, eventuelt også muskel- og skjelettplager. Mange av desse vil ha behov for å kombinere arbeidsretta tenester og behandling.

Målet med modellutviklinga er å få til ei betre og meir systematisk tenestesamhandling mellom helsetenesten og Arbeids- og velferdsetaten. Pasientar/brukarar skal oppleve eit heilskapleg og godt koordinert tenestetilbod. Det skal igjen bidra til forbetra helsetilstand og meistringsevne, raskare retur til arbeid og redusert overgang til arbeidsavklaringspengar og uføretrygd.

Dei to direktorata har i 2024 jobba med å utvikle dei to modellane som skal piloterast, med mål om å sette dei i verk frå og med hausten 2024. Gjennom pilotane skal ein vurdere om modellane er eigna til å førebygge og redusere sjukefråvær og fråfall frå arbeidslivet. Ein skal også vurdere moglegheita for å videreutvikle og skalere opp samarbeidsmodellane. Pilotane skal følgeevaluerast. Satsinga blir samfinansiert av Arbeids- og inkluderingsdepartementet og Helse- og omsorgsdepartementet.

Den eine modellen inneber eit samarbeid mellom Arbeids- og velferdsetaten og Rask psykisk helsehjelp (RPH) der ein NAV-rettleiar og ein kognitiv terapeut frå RPH jobbar saman om oppfølginga av felles brukarar. For denne modellen er det lagt opp til fem pilotar i utvalde kommunar. NAV-kontora og kommunane skal involverast i korleis dei enkelte pilotane skal utformast.

Den andre modellen inneber at NAV-rettleiar, kognitiv terapeut og fastlege samarbeider om oppfølginga av felles brukarar. Det er valt ut fire kommunar/bydelar som skal motta tilskot og delta i piloten. Kor mange fastlegekontor som blir inkluderte i kvar enkelt kommune, kan variere.

Som varsla i Meld. St. 33 (2023–2024) En forsterket arbeidslinje, vil regjeringa, basert på erfaringane med utprøving av modellane, vurdere om det bør utviklast eigne modellar for systematisk tenestesamhandling mellom Arbeids- og velferdsetaten og kommunehelsetenesta målretta mot unge, og korleis utdanningsmyndighetatene kan koblast på ved behov.

HelseIArbeid er ein modell for tenestesamhandling om helsefremmande og førebyggande tiltak retta mot arbeidslivet. Modellen siktar seg inn mot grupper som står i fare for å bli sjukmelde eller falle ut av arbeidslivet på grunn av muskel- og skjelettplager og/eller psykiske plager. HelseIArbeid består av både eit bedrifts- og eit individtiltak. Gjennom individtiltaket tilbyr helsetenesten saman med Arbeids- og velferdsetaten rask tverrfagleg utgreiing. I dag tilbyr elleve av tolv fylke/regionar i Arbeids- og velferdsetaten individtiltaket. Totalt åtte av tolv fylke/regionar i Arbeids- og velferdsetaten kan levere bedriftstiltaket til verksemder som er priortiterte for IA-bistand. Til verksemder som ikkje er prioriterte, eller der tilbodet ikkje er tilgjengeleg, er det utvikla eit lynkurs i HelseIArbeid. Lynkurset gir eit innblikk i kunnskapen som ligg i HelseIArbeid og er enkelt å ta i bruk utan bistand frå Arbeids- og velferdsetaten eller helsetenestene. I tråd med IA-avtalen 2019–2024 blir det arbeidd for å gjennomføre tiltaket i større omfang, innanfor ramma av dagens regelverk og prioriteringsforskrifta. Arbeidslivssentera deltar i dette arbeidet.

Forskarar frå Universitetet i Tromsø, Universitetssjukehuset Nord-Noreg og NAV Troms og Finnmark leverte i mai 2024 rapport frå ei evaluering av bedriftstiltaket. Ein hovudkonklusjon i rapporten er at kunnskapsformidling på arbeidsplassen om alminnelige muskel- og skjelettplager, psykiske helseplager og arbeidsmiljø har potensial for å redusere sjukefråværet og auke bruk av tilrettelegging på arbeidsplassen. Nordlandssjukehuset har også fleire pågåande forskingsprosjekt som skal evaluere effekten av individtiltaket og forskjellige komponentar ved dette helsetilbodet. Prosjekta går føre seg fram til høvesvis utgangen av 2024, 2026 og 2030.

Arbeids- og velferdsdirektoratet og Helsedirektoratet har saman med dei regionale helseføretaka fått i oppdrag å vurdere behovet for å samordne og styrke kompetanse og kvalitet innanfor arbeid og helse på lokalt, regionalt og nasjonalt nivå og greie ut korleis dette kan følgast opp. Endeleg rapport frå arbeidet blei levert i august 2024. I rapporten har direktorata saman med dei regionale helseføretaka fremma eit forslag til ein tversektoriell kompetansemodell. Arbeids- og inkluderingsdepartementet vil saman med Helse- og omsorgsdepartementet vurdere oppfølging av rapporten.

Sjå også omtale av arbeid og helse i Prop. 1 S (2024–2025) for Helse- og omsorgsdepartementet, i Meld. St. 33 (2023–2024) En forsterket arbeidslinje, Meld. St. 23 (2022–2023) Opptrappingsplan for psykisk helse (2023–2033) og Meld. St. 9 (2023–2024) Nasjonal helse- og samhandlingsplan 2024–2027.

6.4.4 Varig tilrettelagt arbeid

Varig tilrettelagt arbeid (VTA) er eit tiltak for personar som får eller i nær framtid er venta å få innvilga uføretrygd, og som har behov for spesiell tilrettelegging og tett oppfølging. VTA er eit viktig arbeidsmarknadstiltak for personar med utviklingshemming og gruppa er prioritert ved inntak til tiltaket. Vidare deltar mange personar med psykiske lidingar i tiltaket, og til saman utgjer desse to gruppene om lag tre firedelar av deltakarane.

VTA kan arrangerast både hos førehandsgodkjende verksemder eller i ordinære verksemder med oppfølging. Eit fleirtal av VTA-deltakarane jobbar i ei førehandsgodkjent verksemd, men andelen deltakarar i ordinære verksemder er aukande.

Arbeids- og inkluderingsdepartementet arbeider med regelendringar for å styrke oppfølginga i VTA i ordinært arbeidsliv. Departementet vil sende forslag om nye reglar på høyring. Arbeidet følger opp Stortingets oppmodingsvedtak nr. 604 av 18. april 2023.

Parallelt med arbeidet med ei permanent ordning for oppfølging, har eit forslag om midlertidig forskrift om pilotprosjekt med oppfølging av deltakarar i VTA i ordinær verksemd vore ute på høyring og departementet har vurdert høyringssvara. Arbeids- og velferdsetaten har fått i oppdrag å sette i gang pilotprosjektet med planlagt oppstart i løpet av hausten 2024. Erfaringar frå pilotprosjektet vil bidra inn i arbeidet med ei permanent ordning.

I statsbudsjettet for 2024 la regjeringa opp til ei langsiktig opptrapping av VTA-plassar med sikte på å auke talet på plassar med om lag 2 000 innan utgangen av 2027. Planen følger opp oppmodingsvedtak nr. 605 av 18. april 2023.

Sjå programkategori 09.30 Arbeidsmarknad for nærmare omtale av arbeidsmarknadstiltak og del 1 i proposisjonen for nærmare omtale av oppmodingsvedtak.

6.5 God integrering av innvandrarar i arbeid og samfunn

Over 1 million innbyggarar i Noreg er enten sjølve innvandrarar eller har to foreldre som er innvandra. Innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre utgjer 21 pst. av befolkninga og har bakgrunn frå over 200 land. Det er ulike årsaker til at dei har komme til landet, bl.a. arbeidsinnvandring, flukt og familieinnvandring. Ved inngangen til 2024 var det flest frå Polen, Ukraina, Litauen, Syria, Somalia, Pakistan, Sverige, Irak, Eritrea og Tyskland. Sidan februar 2022 har det komme særleg mange fordrivne frå Ukraina.

Noreg har eit ansvar for å gi vern til menneske på flukt og stille opp for fordrivne frå Ukraina. Russlands fullskalainvasjon i Ukraina har sett systema for mottak og integrering på prøve. Rekordmange har komme til Noreg, og rekordmange er blitt busette i kommunar over heile landet. Dette hadde ikkje vore mogleg utan den store innsatsen frå kommunane og evna dei har hatt til å omstille seg og finne gode løysingar. Regjeringa er innstilt på å halde fram med å bidra. Samtidig skal antalet flyktningar og fordrivne som kjem til Noreg, vere berekraftig over tid. Hausten 2023 og vinteren 2024 innførte regjeringa ei rekke tiltak for å få innkomstane av fordrivne til Noreg nærmare nivået i nabolanda våre. Mykje tyder på at tiltaka har hatt effekt, og innreisetala i 2024 har fram til september vore neste 40 pst. lågare enn same periode i 2023. Reduserte innreisetal bidrar til å dempe presset på kommunane og sikre eit forsvarleg tenestetilbod. På same tid er det å hjelpe flyktningane ut i arbeid og sjølvforsørging den beste måten å sikre berekraft på. Kor mange som vil søke vern frå krigen mot Ukraina i tida som kjem, er svært usikkert, men situasjonen i Ukraina vil krevje mykje av fellesskapet også i 2025.

I Meld. St. 17 (2023–2024) Om integreringspolitikken: Stille krav og stille opp stakar regjeringa ut kursen for ein effektiv, heilskapleg og målretta integreringspolitikk for Noreg. Målet for integreringspolitikken er god integrering av innvandrarar i arbeid og samfunn. Integreringsarbeidet skal få fleire i jobb, bygge sterke fellesskap og gode fellesarenaer, fremme likestilling og kjempe mot negativ sosial kontroll. Frivillige organisasjonar har ei viktig rolle i arbeidet med integrering og inkludering. Integreringspolitiske verkemiddel rettar seg i størst grad mot innvandrarar, men i noko grad også mot norskfødde med innvandrarforeldre.

Samtidig som innvandringa har mange positive sider, er det også fleire utfordringar. Sjølv om fleirtalet av innvandrarar er i arbeid, er det for mange som ikkje kjem i jobb og fell utanfor arbeidslivet. Låg utdanning, svake norskkunnskapar og diskriminering er sentrale barrierer for deltaking i arbeidslivet. Innvandrarar er meir utsette for vedvarande låginntekt enn den øvre delen av befolkninga, særleg gjeld dette dei med flyktningbakgrunn. Fleire lever i familiar med dårlege buforhold, høg arbeidsløyse og ulike levekårsproblem. Barn og ungdommar i låginntektsfamiliar deltek mindre i organiserte fritidsaktivitetar, og dei har òg større utfordringar på skulen. Det å bu i levekårsutsatte nabolag, streve på skulen og å ha konfliktfylte heimeforhold er risikofaktorar for utanforskap og kriminalitet. Personar med innvandrarbakgrunn er overrepresenterte i kriminalitetsstatistikken. Negativ sosial kontroll og æresrelatert vald i enkelte familiar og miljø er barrierar for samfunnsdeltaking og fri livsutfolding. Mange innvandrarar opplever rasisme og diskriminering som kan skape ein kjensle av utanforskap og vere ein barriere for integrering og deltaking.

Arbeids- og inkluderingsdepartementet har ansvar for integreringspolitikken til regjeringa og har ei pådrivarrolle og eit ansvar for samordning på tvers av ulike sektorar. Departementet har ansvar for politikken for busetting av flyktningar, kvalifisering av innvandrarar, tolking i offentleg sektor, statsborgarskap, førebygging av negativ sosial kontroll og æresrelatert vald, og oppmoding til mangfald i arbeidslivet. Førebygging av rasisme og diskriminering er også ein del av arbeidet til departementet. Samtidig har alle sektorar eit sjølvstendig ansvar for å sikre at politikken og tiltaka deira inkluderer og treffer heile befolkninga, også innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre. God integrering krev innsats på tvers av sektorar, og det krev godt samarbeid mellom kommunane, fylkeskommunane, statsforvaltarane, Integrerings- og mangfaldsdirektoratet, Arbeids- og velferdsetaten, arbeidsgivarar og sivilsamfunnet.

6.5.1 Flyktningar blir busette raskt og treffsikkert over heile landet

Flyktningar og fordrivne blir som hovudregel busette med offentleg hjelp etter avtale mellom staten og ein kommune. Busetting er ein frivillig oppgåve for kommunane. Busettinga skal skje styrt og spreidd, raskt og treffsikkert. Styrt og spreidd busetting inneber at nykomne flyktningar og fordrivne skal busettast i alle landsdelane og i kommunar av ulik størrelse. Rask busetting inneber at nykomne flyktningar skal busettast så raskt som mogleg etter at dei har fått opphaldsløyve. Treffsikker busetting inneber bl.a. at nykomne flyktningar skal busettast i kommunar med eit relevant tilbod om kvalifisering, utdanning, arbeid og andre tenester. Einslege mindreårige flyktningar og barnefamiliar er prioriterte i busettingsarbeidet.

Svingingar i busettingsbehovet

Sidan februar 2022 har det store antalet fordrivne som har komme frå Ukraina, gjort at busettingsbehovet har auka mykje. I 2024 er norske kommunar oppmoda om å busette ekstraordinært mange for tredje året på rad. Høge innreisetal fører til auka press på tilbod og tenester i kommunane. For å redusere innreisetala og dempe presset på kommunane, har regjeringa i 2023 og 2024 fremma fleire tiltak som strammar inn på tilbodet og nivået på ytingar. Det er svært usikkert korleis situasjonen i Ukraina og innreisetala utviklar seg i tida framover. Prognosane for busettingsbehovet i 2024 og 2025 er dermed usikre, og kan komme til å endre seg betydeleg. Uvissa er ei utfordring i arbeid med busetting av flyktningar. Samtidig viser erfaringane at dagens busettingsordning er godt rusta til å møte store og raske svingingar i busettingsbehovet.

Styrt, spreidd, rask og treffsikker busetting

Oppmodingskriteria for busetting, som departementet fastset kvart år, er eit tiltak for å bidra til styrt og spreidd, rask og treffsikker busetting av nykomne flyktningar. Kriteria fastset bl.a. at flyktningar skal busettast i alle landsdelane og i kommunar av ulik størrelse. Tenestetilbodet i kommunane og kompetansen dei har til å sikre godt integreringsarbeid, også for barn og unge og personar med særskilde behov, skal takast omsyn til. I samanheng med dei høge innreisetala for fordrivne frå Ukraina er det lagt til grunn nye og forenkla oppmodingskriterium.

Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi) har ansvaret for å oppmode kommunane om å busette eit gitt antal personar. Fylkeskommunane skal anbefale kor mange flyktningar som bør busettast i kvar av kommunane. Busetting av flyktningar krev samordning og koordinering mellom mange etatar, blant andre IMDi, Utlendingsdirektoratet (UDI), Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet, Arbeids- og velferdsdirektoratet (AV-dir), Helsedirektoratet, Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir), Husbanken, statsforvaltarar, KS, kommunar og fylkeskommunar.

Det er eit klart mål å ha så kort ventetid som mogleg frå ein flyktning får vedtak om opphald, til busetting. Som følge av dei høge innreisetala for flyktningar frå Ukraina, er det gjort fleire forenklingar i busettingsordninga. Den gjennomsnittlege ventetida frå vedtak om opphald til busetting i ein kommune har vore historisk kort dei siste åra.

Å kartlegge flyktningar før busetting er viktig for å oppnå mest mogleg treffsikker busetting. IMDi nyttar slik kartlegging for å finne ein eigna busettingskommune, og busettingskommunen nyttar kartlegginga for å legge til rette for busettinga. Kartlegginga omfattar bl.a. opplysningar om tilknyting til ein kommune, relasjonar i Noreg, eventuelle behov for tilrettelegging og annan informasjon som det er nødvendig for IMDi og kommunen å kjenne til. I tillegg har flyktningar rett og plikt til å gjennomføre kompetansekartlegging før dei blir busette. Personar med kollektivt vern har ikkje rett til kompetansekartlegging før etter busetting. Det blir likevel innhenta informasjon om utdanning, yrke, språkferdigheiter og førarkort gjennom ei forenkla kartlegging. Etter busetting har personar med kollektivt vern rett til kompetansekartlegging, og dei som deltar i introduksjonsprogrammet, har frå 1. juli 2023 også plikt til å gjennomføre kompetansekartlegging.

6.5.2 Innvandrarar kjem i jobb og får ei stabil tilknyting til arbeidslivet

Målet til departementet er at fleire innvandrarar skal delta i jobb og få ei stabil tilknyting til arbeidslivet. Vaksne som får opphald i Noreg, skal så raskt som mogleg bli ein del av og bidra i samfunnet på lik linje med alle andre. For å bidra til at innvandrarar kjem i arbeid eller utdanning er det utvikla ei rekke kvalifiseringstiltak. Kvalifiseringstiltaka skal bidra til å fylle gapet mellom kompetansen den enkelte nykomne har, og det arbeidsmarknaden krev. Det er mange aktørar på kvalifiseringsfeltet, og kvalifisering av nykomne innvandrarar skjer i vaksenopplæring, vidaregåande opplæring, arbeidsmarknadstiltak og tilbod og aktivitetar i frivillig sektor, for de fleste gjennom introduksjonsprogrammet. Kommunane og fylkeskommunane er hovudansvarlege for tiltaka. Departementet, i samarbeid med relevante direktorat, har ei sentral rolle som tilretteleggar, pådrivar og samordnar overfor kommunane, fylkeskommunane, sektormyndigheitene og andre samarbeidspartnarar.

Dei sentrale ordningane for nykomne innvandrarar er lovregulerte, slik som introduksjonsprogram og norskopplæring. Det er viktig med god etterleving av integreringslova. Statsforvaltaren har ei viktig rolle som tilsynsmyndigheit og rettleiar.

Forutan dei lovregulerte ordningane for nykomne innvandrarar, er det utvikla særskilde ordningar retta mot ei større målgruppe. IMDi, i samarbeid med HK-dir og AV-dir, arbeider bl.a. for å auke bruken av tilrettelagd fag- og yrkesopplæring for vaksne innvandrarar (bl.a. gjennom særskilde tilskot til fylkeskommunen). Det blir også sett inn ein særleg innsats for at fleire kvinner skal komme i arbeid eller utdanning, bl.a. gjennom Jobbsjansen. Sjå nærmare omtale under programkategori 09.70 Integrering og mangfald.

Det er eit utstrakt samarbeid mellom kommunane og NAV-kontora om kvalifisering av nykomne flyktningar både mens flyktningane deltar i introduksjonsprogrammet og etter at dei har fullført programmet. Inkludering av innvandrarar i arbeidslivet skjer både gjennom det generelle arbeidsretta arbeidet Arbeids- og velferdsetaten har ansvar for og gjennom innsatsen til kommunane og frivillige organisasjonar. Som det kjem fram i stortingsmeldinga om arbeidsmarknadspolitikk (Meld. St. 32 (2023–2024) En forsterket arbeidslinje), vil regjeringa innhente meir kunnskap om korleis overgangen mellom introduksjonsprogrammet og arbeidsretta oppfølging i NAV-kontoret fungerer, og kva som er barriererane og moglegheitene for å få til ein smidig overgang for deltakarar som ikkje når sluttmålet sitt i introduksjonsprogrammet.

Opplæring i norsk og samfunnskunnskap

Målgruppa for rett og plikt til opplæring i norsk etter integreringslova er asylsøkarar, nykomne flyktningar og familiesameinte med desse, i tillegg til familiesameinte til norske og nordiske borgarar. Det er viktig at denne opplæringa har god kvalitet. For å bidra til dette blir det sett inn tiltak for å utvikle kompetanse, metodar og læringsressursar for den obligatoriske opplæringa i norsk og gitt midlar til etter- og vidareutdanning for lærarar. Satsinga på vidareutdanning har ført til ein auke i talet på lærarar som oppfyller kompetansekravet i norsk som andrespråk etter integreringslova. I 2023 var det 66 pst. av lærarane som tilfredsstilte kompetansekravet. Dette er ein auke på 19 prosentpoeng frå 2018. 2023 var det andre året der deltakarar med rettar etter integreringslova utgjorde fleirtalet av deltakarane i norskopplæringa. Norskprøveresultata for 2023 var av varierande måloppnåing. Det var ein klar framgang på den munnlege prøven samanlikna med i 2022, samstundes som resultata for den skriftlege norskprøven var noko dårlegare. Fordrivne frå Ukraina, som har rett, men ikkje plikt til opplæring, bidrog til at talet på deltakarar i opplæringa auka atskilleg i 2022 og 2023.

Arbeidsinnvandrarar frå land utanfor EØS og familiesameinte til desse har plikt til norskopplæring, mens dei frå EØS verken har rett eller plikt. Svake norskferdigheiter er ei utfordring for arbeidsinnvandrarar, som ikkje har krav på gratis norskopplæring. For arbeidsinnvandrarar, familiemedlemmane deira og andre nykomne til Noreg som ikkje er omfatta av introduksjonsprogrammet, er det viktig med god og tilgjengeleg informasjon. Som ei oppfølging av Arbeidsinnvandrerutvalget si utgreiing, NOU 2022: 18 Mellom mobilitet og migrasjon, skal fylkeskommunane bidra til å koordinere etableringa av kommunale, interkommunale eller regionale velkomsttilbod. Det skal også utarbeidast ein nasjonal rettleiar for å etablere slike tilbod.

Fordrivne frå Ukraina med midlertidig kollektivt vern har rett til opplæring i norsk i inntil eitt år, jf. midlertidige lovendringar i integreringslova i samanheng med at eit stort antal fordrivne frå Ukraina har søkt om vern i Noreg. Kommunar som har kapasitet, kan dessutan gi opplæring i norsk utover eitt år til personar i målgruppa som treng det for å nå eit minimumsnivå i norsk. I mars 2024 lanserte regjeringa eit nasjonalt digitalt tilbod om norskopplæring. Det nye nasjonale tilbodet blei etablert for å bidra til å auke kapasiteten og fleksibiliteten i det kommunale norskopplæringstilbodet. Med det nasjonale digitale tilbodet har det blitt enklare å kombinere norskopplæring med arbeid.

Tilskot til norskopplæringsordninga er eit supplement til det kommunale norsktilbodet. Gjennom ordninga kan godkjende tilbydarar av opplæring i norsk for vaksne innvandrarar søke om tilskot til å gi eit avgrensa antal timar gratis norskopplæring. Dette skal bidra til at deltakarane på sikt når nivå B1 eller høgare. Formålet med norskopplæringsordninga er å gi eit målretta og fleksibelt tilbod til innvandrarar som har behov for å styrke norskferdigheitene sine, uavhengig av innvandringsårsak og butid. Målgruppa for ordninga er personar utan lovbasert rett til norskopplæring, for eksempel arbeidsinnvandrarar. Ordninga med tilskot til norskopplæringsordninga er følgeevaluert. Sluttrapporten frå 2023 viser at ordninga, i tråd med formålet, har ført til eit skalerbart og fleksibelt tilbod, der ulike typar tilbydarar – private og kommunale – bidrar med opplæring tilpassa ulike delar av målgruppa. Evalueringa konkluderer med at tilboda generelt har god kvalitet når det gjeld opplæring og lærarkompetanse. Deltakarane opplever at ordninga har gitt dei god språkutvikling og større motivasjon til å halde fram på norskkurs.

Frivillige organisasjonar kan, gjennom tilskotsordninga for integreringsarbeid i regi av frivillige organisasjonar, søke om tilskot til å tilby norsk- og engelsktrening. Denne ordninga er også evaluert. Evalueringa viser at norsktreningstilboda jamt over har høg måloppnåing og bidrar positivt til deltakarane sine norskferdigheiter.

Introduksjonsprogram

Flyktningar og familiesameinte til desse som er mellom 18 og 55 år og busette i ein kommune etter avtale med IMDi, har rett og plikt til å delta i introduksjonsprogrammet. Personar med same opphaldsstatus, men som er mellom 55 og 67 år, kan få tilbod om introduksjonsprogram, men har ikkje rett og plikt til å delta. Introduksjonsprogrammet skal gi deltakarane grunnleggande ferdigheiter i norsk, grunnleggande innsikt i norsk samfunnsliv og førebu dei til arbeid eller utdanning. Deltakarar i målgruppa for introduksjonsprogrammet har rett og plikt til å gjennomføre kompetansekartlegging og karriererettleiing. Dette skal bidra til at introduksjonsprogrammet blir tilpassa etter dei behova den enkelte har. Kommunen skal sørge for kompetansekartlegging, og fylkeskommunen skal sørge for karriererettleiing.

Personar med midlertidig kollektivt vern etter utlendingslova § 34 er omfatta av ordningane i integreringslova om introduksjonsprogram og opplæring i norsk og samfunnskunnskap. Stortinget vedtok 7. juni 2022 eit midlertidig kapittel 6A i integreringslova. Formålet med dei midlertidige endringane var bl.a. å forenkle kvalifiseringsordningane for personar med kollektivt vern, lempe på lovpålagde plikter for kommunane og støtte opp under målet om at flest mogleg skal komme raskt ut i arbeid eller annan aktivitet. Som det følger av kapittel 6A i integreringslova, har fordrivne frå Ukraina rett, men ikkje plikt, til introduksjonsprogram og opplæring i norsk og samfunnskunnskap.

I februar 2024 blei krava til arbeidsretting i introduksjonsprogrammet etter dei midlertidige reglane skjerpte gjennom krav til arbeidsretta innhald etter tre månader. Det blei også innført strengare krav til arbeid eller arbeidspraksis for å få forlenga programmet. Den 14. juni 2024 blei det vedtatt å vidareføre dei midlertidige endringane i integreringslova til 1. juli 2026, med enkelte tilpassingar.

Målet er at introduksjonsprogrammet skal bidra til stabil tilknyting til arbeid. Av deltakarane som avslutta programmet i 2021, var 65 pst. i arbeid eller utdanning året etter. Sysselsettinga blant innvandrarar er høgare jo høgare utdanning dei har (Statistisk sentralbyrå, 2021). Fleire skal derfor få formell kvalifisering gjennom introduksjonsprogrammet. Fag- og yrkesopplæring blir særleg vektlagd. Trass dette, viser forsking at minst halvparten av deltakarane manglar grunnskole eller vidaregåande opplæring når dei avsluttar programmet. Eit mindretal av desse fullfører desse nivåa etter dei har avslutta. Etter dei store deltakartala frå Ukraina, har dette endra seg drastisk, då omtrent ni av ti ukrainske fordrivne har minst gjennomført vidaregåande skole tidlegare, og såleis får tilbod om korte introduksjonsprogram. Utfordringa for andre deltakargrupper er likevel framleis gjeldande.

Den nye opplæringslova som tok til å gjelde hausten 2024, gir vaksne styrkte rettar til opplæring, bl.a. med innføring av rett til særskild norskopplæring i vidaregåande opplæring, rett til å fullføre vidaregåande og rett til å få ein ny fagkompetanse.

Modulstrukturert opplæring for vaksne blei innført hausten 2024 og vil vere positivt for fullføringa av formell kvalifisering for deltakarar i introduksjonsprogrammet. Realkompetansevurdering og opplæring i norsk språk og fag parallelt, er viktig for å lykkast med denne opplæringa. Kompetansekartlegging og karriererettleiing vil vere ein føresetnad for tidleg realkompetansevurdering i introduksjonsprogrammet. Sjå Prop. 1 S (2024–2025) for Kunnskapsdepartementet, programkategori 07.50 Kompetansepolitikk og livslang læring, for nærmare omtale.

For ytterlegare omtale av dei grepa regjeringa gjer for å kvalifisere dei som står utanfor arbeidsmarknaden, sjå punkt 6.4.3 Kompetanse for inkludering og omstilling.

Gjennomgang av integreringslova

Departementet har ønskt å få kunnskap om integreringslova har blitt implementert i tråd med reguleringa og intensjonen, eller om det er behov for justeringar. Fafo har følgeevaluert implementeringa, og Proba samfunnsanalyse har følgeevaluert dei midlertidige lovendringane som blei innført i samanheng med dei høge innkomstane frå Ukraina. Med utgangspunkt i desse evalueringane har departementet begynt på ein gjennomgang av integreringslova. Som ein del av gjennomgangen er det utgreia forslag til endringar for dei med kort programtid, bl.a. basert på erfaringane med kort programtid for dei fordrivne frå Ukraina, og forslag for å styrke samordninga og koordineringa av introduksjonsprogrammet. Forslag om å utvide tilsynet med integreringsregelverket i regi av statsforvaltarane er også utgreia. Som det kjem fram i Meld. St. 17 (2023–2024) vil regjeringa også foreslå å innføre rett og plikt til introduksjonsprogram for flyktningar mellom 55 og 60 år. Departementet sendte 9. september 2024 forslag til endringar i integreringslova og tilhøyrande forskifter om økt arbeidsretting og formell opplæring i introduksjonsprogrammet mv. på høyring med høyringsfrist 9. desember 2024.

Jobbsjansen

For mange kvinner med innvandrarbakgrunn står langt unna arbeidsmarknaden og treng grunnleggande kvalifisering for å komme i arbeid. Dette er ei utfordring for den enkelte kvinne sin økonomi og sjølvstende, men også for familien sin økonomi, for barn som veks opp i låginntekt, for velferdssamfunnet og i eit likestillingsperspektiv. Det er eit særskilt mål å auke sysselsettinga blant kvinner med innvandrarbakgrunn. Tilskotsordninga Jobbsjansen er eit viktig verkemiddel for ein målretta innsats overfor innvandrarkvinner som står langt frå arbeidsmarknaden, og som har behov for grunnleggande kvalifisering for å komme i jobb eller ordinær utdanning. Jobbsjansen er eit individuelt tilpassa program som skal gi styrkte kvalifikasjonar for varig tilknyting til arbeidslivet og økonomisk sjølvstende. Ordninga har i ei årrekke hatt gode resultat når det gjeld overgang til arbeid og utdanning. Av deltakarane som avslutta ordninga i 2023, gjekk 76 pst. direkte over i arbeid eller utdanning.

I 2023 etablerte IMDi, på oppdrag frå departementet, eit eige Jobbsjansenregister. Dette skal bidra til meir treffsikre opplysingar om måloppnåinga. Registeret skal også danne grunnlag for kunnskapsutvikling sentral og lokalt, og for analysar og statistikk til bruk i forsking og utvikling av ordninga.

I perioden 2022–2025 blir det gjennomført eit forsøk med per capita-finansiering av Jobbsjansen. Formålet er å undersøke om ei slik ordning gir mindre administrasjon for prosjektkommunane, slik at fleire deltakarar og kommunar kan ta del i Jobbsjansen. Ideas2evidence følgeevaluererer forsøket. På bakgrunn av denne evalueringa, og i samråd med IMDi, vil departementet i løpet av 2025 vurdere ei alternativ innretning av Jobbsjansen.

Mangfald i arbeidslivet

Det er eit mål at kompetansen og ressursane til innvandrarar blir nytta på ein god måte i det norske arbeidslivet. I eit integreringsperspektiv handlar mangfald i arbeidslivet om innsatsen retta mot arbeidsgivarar for å gjere dei meir bevisste på etnisk mangfald som ein ressurs, å auke rekrutteringa av innvandrarar til arbeidslivet og å bidra til at innvandrarar får brukt kompetansen sin i arbeidslivet. Det handlar også om at arbeidsgivarar, i både offentleg og privat sektor, har eit ansvar for å jobbe strategisk med etnisk mangfald. Dette inneber bl.a. å sjå potensialet i eit mangfald av tilsette og å systematisk utvikle ein organisasjonskultur der forskjellane utløyser auka effektivitet og trivsel.

Arbeidet for etnisk mangfald i arbeidslivet omfattar alle innvandrargrupper. Dei statlege verkemidla for å styrke det etniske mangfaldet i arbeidslivet består bl.a. av ei tilskotsordning for verksemder, ei rettleiingsteneste for arbeidsgivarar i regi av IMDi, med bl.a. nettsida mika.no, utvikling av kunnskap om mangfald i arbeidslivet og utdeling av Mangfaldsprisen. Formålet med IMDi sine mangfaldstiltak er at arbeidsgivarar skal kunne finne kunnskap og råd om koreis dei kan lukkast med å skape eit etnisk mangfald på arbeidsplassen og få ut meirverdien av mangfaldet. Samarbeidet med partane i arbeidslivet er viktig for å få til brei rekruttering og forhindre diskriminering. Alle mangfaldstiltaka IMDi forvaltar, er utarbeidd i samarbeid med partane i arbeidslivet.

6.5.3 Fleire innvandrarar deltar i samfunnslivet

Det er eit mål for integreringspolitikken at innvandrarar skal delta i det norske samfunnslivet gjennom sterke fellesskap og gode fellesarenaer. For å leggja til rette for eit godt og rettferdig samfunn for alle må innvandrarar og barna deira kunne delta på alle samfunnsarenaer, uavhengig av bakgrunn. Barn skal ha ein trygg og god oppvekst og like moglegheiter. Dei skal få delta i barnehage, gå på skule og vere med i fritidsaktivitetar der dei kan oppleve inkludering, fellesskap og vennskap, og der dei kan lære og utvikle seg. Integreringspolitikken skal bidra til at innvandrarar får innsikt i og sluttar opp om dei grunnleggande verdiane i det norske samfunnet. Frivillige organisasjonar bidrar til å skape viktige arenaer for integrering og deltaking i samfunnet. Integreringspolitikken er viktig for å redusere barrierar mot deltaking i både arbeids- og samfunnsliv.

Rasisme og diskriminering

Rasisme og etnisk diskriminering kjem til uttrykk når nokon meiner at andre er mindre verd på grunn av kva hudfarge dei har, kva dei heiter, kva dei trur på, eller kvar dei har røtene sine frå. Innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre opplever diskriminering på fleire samfunnsområde. Det kan gå ut over levekår og helse, deltaking i arbeidslivet og utbytte av skolegang. I november 2023 la regjeringa fram ein handlingsplan mot rasisme og diskriminering som gjeld t.o.m. 2027. Planen inneheld 50 tiltak som saman skal bidra til å førebygge rasisme og diskriminering i arbeidsliv, på ungdomsarenaer og i lokalsamfunn. Regjeringa vil i tillegg gjere ein særskild innsats mot hets og diskriminering av bestemte etniske og religiøse minoritetar. Regjeringa tar sikte på å legge fram to nye handlingsplanar i 2024, éin mot antisemittisme og éin mot muslimfiendskap, og dessutan éin i 2025 mot hets og diskriminering av samar. Vi viser til Kultur- og likestillingsdepartementet, som har koordineringsansvaret på politikkområda likestilling og diskriminering, og til Kommunal- og distriktsdepartementet, som har ansvaret for politikk overfor samar og nasjonale minoritetar.

Frivillige organisasjonar og rolla deira i det lokale og nasjonale integreringsarbeidet

Frivillig arbeid og frivillige organisasjonar speler ei viktig rolle i integreringsprosessar og i arbeidet med å skape felles møteplassar og samfunnsdeltaking for alle. Dei frivillige organisasjonane har bl.a. spelt ei viktig rolle under koronapandemien og i samanheng med handteringa av fordrivne frå Ukraina.

Regjeringa vil styrkje rolla til dei frivillige organisasjonane i integreringsarbeidet. Frivillige organisasjonar jobbar både i asylmottak og i lokalsamfunn med å tilby språktrening, møteplassar, kurs og fritidsaktivitetar innan kultur, idrett og friluftsliv.

Negativ sosial kontroll og æresrelatert vald

Alle i Noreg har rett til å leve eit trygt og fritt liv. Derfor er det eit av hovudmåla til regjeringa å kjempe mot negativ sosial kontroll og æresrelatert vald, herunder tvangsekteskap og kjønnslemlesting.

Det er etablert fleire særskilde tenester med spisskompetanse på negativ sosial kontroll, æresrelatert vald, tvangsekteskap og kjønnslemlesting. Det nasjonale tverretatlege kompetanseteamet mot negativ sosial kontroll og æresrelatert vald er ei viktig teneste som rettleiar og gir råd til tilsette i dei ordinære tenestene om korleis dei kan følge opp utsette. Kompetanseteamet rettleiar også enkeltpersonar som sjølve tar kontakt for å få hjelp. Teamet bidrar i tillegg med kompetanseheving for dei tilsette i tenestene gjennom å halde foredrag og seminar om tematikken.

Det er utplassert 65 mangfaldsrådgivarar på utvalde skolar og vaksenopplæringssenter i alle fylka i landet. Ordninga blei styrkt med seks nye stillingar i 2024. Mangfaldsrådgivarane blir tilsette av IMDi og er eit viktig lågterskeltilbod for utsette personar. Dei kan komme tidleg inn med rådgiving og førebyggande tiltak. Mangfaldsrådgivarane skal styrke kompetansen om tematikken blant skoletilsette og i det offentlege tenesteapparatet.

IMDis fagteam for førebygging av negativ sosial kontroll og æresrelatert vald er ei rettleiingsteneste som i hovudsak er retta mot tilsette på skolar som ikkje har mangfaldsrådgivar, flyktningtenester, NAV-kontor, vaksenopplæringsinstitusjonar og andre hjelpetenester. Formålet er å bidra til at fleire barn og vaksne som blir, eller står i fare for å bli, utsette for negativ sosial kontroll, æresrelatert vald, tvangsekteskap eller kjønnslemlesting, får råd, rettleiing og oppfølging i tråd med behova og rettane sine.

Det er også fire spesialutsendingar for integreringssaker på utanriksstasjonane i Kenya, Jordan, Pakistan og Tyrkia. Dei gir konsulær bistand til personar som er utsette for negativ sosial kontroll, æresrelatert vald, tvangsekteskap og kjønnslemlesting, og bidrar til å spreie kunnskap om tematikken i Noreg.

Det nasjonale bu- og støttetilbodet for personar som er utsette for negativ sosial kontroll og æresrelatert vald, gir utsette over 18 år ein trygg stad å bu og støtte til å etablere seg på nytt. Det er totalt 26 plassar i butilbodet, fordelte på fem kommunar. I 2024 blei det sett i gang ein pilot med butilbod for personar over 18 år som har blitt utsette for ufrivillige opphald i utlandet. Piloten omfattar personar som har returnert til Noreg etter eit ufrivillig utanlandsopphald og har store hjelpebehov, men som ikkje oppfyller kriteria for å få ein plass i det eksisterande butilbodet. Det kan vere fordi dei ikkje er trusselutsette, eller fordi dei har ein tilleggsproblematikk som ikkje er foreinleg med eit opphald i det eksisterande butilbodet, av omsyn til sikkerheita for dei sjølve eller andre.

Den gjeldande handlingsplanen, Frihet fra negativ sosial kontroll og æresrelatert vold (2021–2024), er konsentrert om innsats for nykomne flyktningar og innvandrarar, kunnskap og kompetanse for eit heilskapleg hjelpetilbod, eit styrkt rettsvern for utsette personar, førebygging av ufrivillige utanlandsopphald og internasjonalt samarbeid. Ein ny handlingsplan mot negativ sosial kontroll og æresrelatert vald for perioden 2025–2028 skal vere ferdig våren 2025. Tiltak mot negativ sosial kontroll og æresrelatert vald inngår også i opptrappingsplanen om vald mot barn og vald i nære relasjonar, som regjeringa la fram i desember 2023.

Eit lovutval har gjort ei heilskapleg juridisk utgreiing av problemstillingar i saker som omhandlar negativ sosial kontroll, æresmotivert vald, tvangsekteskap, kjønnslemlesting, psykisk vald og ufrivillig utanlandsopphald. Utgreiingsrapporten blei levert 24. juni 2024 og er send på høyring med høyringsfrist 28. oktober. Den juridiske utgreiinga er ei oppfølging av tiltak 21 i handlingsplanen Frihet fra negativ sosial kontroll og æresrelatert vold (2021–2024). Lovutvalet fekk i mandat å særleg vurdere om barn og unge som er utsette for slike handlingar, har eit godt nok rettsvern, eller om det er behov for endringar i lovgivinga. Lovutvalet skulle også vurdere om fenomena er tilstrekkeleg regulert i norsk lov og om Noreg oppfyller dei menneskerettslege pliktene sine på området. I eit supplerande mandat bad regjeringa lovutvalet om å vurdera om det er behov for endringar i straffelova.

Tolking i offentleg sektor

For å sikre forsvarleg hjelp og rettssikkerheit, for å oppnå likeverdige offentlege tenester for alle innbyggarar og for at nye borgarar skal få god informasjon om plikter og rettar i det norske samfunnet, er det viktig å bruke kvalifiserte tolkar og tilpassa kommunikasjon. Tilrettelagd informasjon frå offentleg sektor kan føre til auka deltaking i samfunnet og større tillit til det offentlege. Bruken av kvalifiserte tolkar er låg. I 2022 blei 34 pst. av tolkeoppdraga i offentleg sektor utført av tolkar utan dokumenterte kvalifikasjonar.

Tolkelova tok til å gjelde 1. januar 2022. Lova regulerer bl.a. eit krav om å bruke kvalifisert tolk dersom det er nødvendig for å vareta omsyn til rettssikkerheita eller for å yte forsvarleg hjelp og forsvarlege tenester. Det er dispensasjon frå dette kravet fram til 31. desember 2026. Offentlege organ kan velje mellom frammøtetolking og fjerntolking.

IMDi er nasjonal fagmyndigheit for tolking i offentleg sektor. Direktoratet har ei sentral rolle i å rettleie om tolkelova og om bruk av tolk i offentleg sektor, i å bidra til at offentlege verksemder bestiller og bruker kvalifiserte tolkar, og i å sikre at det blir kvalifisert nok tolkar i aktuelle språk. IMDi har også ansvar for å drifte Nasjonalt tolkeregister og for kunnskapsutvikling på feltet.

Tolkelova er sektorovergripande og regulerer også teiknspråktolking og tolking på samiske språk. Samtidig er det kvar enkelt sektormyndigheit som har ansvar for tilstrekkeleg og forsvarleg bruk av tolkar innanfor sitt ansvarsområde og for gode organisatoriske løysingar for å bestille og bruke tolk. Som integreringsmyndigheit har IMDi primært eit ansvar for rettleiing m.m. som gjeld tolking på språk som flyktningar og innvandrarar bruker. AVdir har ansvaret for tolking for døve, personar med nedsett høyrsel og døvblinde. Retten til bruk av samiske språk blir regulert gjennom samelova.

Utsette byområde

I fleire byområde med opphoping av dårlege levekår er personar med innvandrarbakgrunn i fleirtal. Det å bu i levekårsutsette nabolag, leve i fattigdom, streve på skulen og ikkje ha ein jobb å gå til, kan føre til at ein blir ståande på utsida eller søker seg mot fellesskap i randsona av storsamfunnet. Områdesatsingane i levekårsutsette område er viktige for å skape gode og trygge bustad- og nærmiljø, gode offentlege tenestetilbod og for å førebygge kriminalitet. Regjeringa vil halde fram med å nytte områdesatsingar som eit verkemiddel for å betre levekåra i utsette byområde.

Se nærmare omtale i Prop. 1 S for Kommunal- og distriktsdepartementet og Meld. St. 28 (2022–2023) Gode bysamfunn med små skilnader, som regjeringa la fram i august 2023.

Statsborgarskap

Norsk statsborgarskap har ei viktig symbolsk verdi ved at det markerer ein tilhøyrsel til det norske samfunnet og dei grunnleggande verdiane i det. Statsborgarskapet gir vidare viktige rettar og plikter som har mykje å seie for at innbyggarane deltar i det norske samfunnet. Kva statsborgarskapet inneber som politisk verkemiddel, varierer frå land til land. Kva staten ønsker å oppnå, blir reflektert i kva vilkår, rettar og plikter som er knytte til statsborgarskapet. Norsk statsborgarskap er viktig som ei ramme for fellesskap og skal bidra til integrering. Det har i løpet av dei siste åra blitt gjort endringar i statsborgarlova som har vore grunngitt med integreringsomsyn. Kravet om ferdigheiter i norsk munnleg blei skjerpt i 2022 for å bidra til at fleire får gode ferdigheiter i norsk. Kravet om opphaldstid blei også skjerpt til åtte års opphald i løpet av dei siste elleve åra som hovudregel. For personar som har hatt tilstrekkeleg inntekt det siste året, er kravet seks år. Ei grunngiving for endringa var å fremme integrering og auke sysselsettinga blant innvandrarar.

Etter at prinsippet om eitt statsborgarskap blei oppheva i 2020, har det komme mange søknader om norsk statsborgarskap, og restansane i statsborgarskapssaker var på eit historisk høgt nivå ved utgangen av 2022. Gjennom 2023 har restansane blitt bygde ned frå om lag 35 500 til om lag 24 000 saker, men framleis må mange vente lenge på å få saka si behandla. Ventetida for dei ubehandla sakene har auka frå 269 til 405 dagar i 2023. UDI jobbar med å få til raskare saksbehandling. Allereie no blir svært mange søknader om statsborgarskap behandla automatisk. I 2023 var automatiseringsgrada 39 pst. Regjeringa greier ut endringar i statsborgarlova og statsborgarforskrifta for å få til eit meir digitaliseringsvennleg regelverk som kan gi meir automatisering.

Eit nytt regelverk for å kalle tilbake statsborgarskap tok til å gjelde 15. januar 2020. Bl.a. blei det lovfesta at norsk statsborgarskap ikkje skal kallast tilbake dersom det – i lys av kor alvorleg forholdet er, og kva slags tilknyting statsborgaren har til Noreg – vil vere eit uforholdsmessig inngrep overfor vedkommande sjølv eller dei næraste familiemedlemmene. Departementet har gitt Oslo Economics i oppdrag å evaluere kva effekt endringane i statsborgarlova §§ 26 og 27 har hatt på praksisen for tilbakekall av statsborgarskap, under dette bortleggingar. Utgreiinga skal omfatte gjennomgang av vedtak frå tilbakekallingsporteføljen til Utlendingsdirektoratet (UDI) og Utlendingsnemnda (UNE) i perioden januar 2020–desember 2023, og dessutan gjennomgang av relevante rettsavgjerder i same periode.

6.6 Inntektssikringsordningar som gir økonomisk tryggleik og samtidig stimulerer til arbeid

Inntektssikringsordningane skal gi økonomisk tryggleik til personar som midlertidig eller varig ikkje kan delta i arbeidslivet, og gjennom det bidra til utjamning av inntekt og levekår og støtte sosial inkludering. Ordningane skal sikre inntekt og kompensere for særlege utgifter i samanheng med sjukdom, arbeidsløyse, sjukdom hos barn, midlertidig svikt i arbeids- og inntektsevna, uførleik og alderdom. Ordningane skal samtidig utformast slik at dei i tilstrekkeleg grad tar omsyn til målet om høg sysselsetting og eit omstillingsdyktig arbeidsliv, ved å gjere det lønnsamt for den enkelte å utnytte arbeidsevna si og ved å gi ein økonomisk tryggleik som støttar viljen og evna til å ta risiko. Utover omsyna til insentiv og fordeling bidreg inntektssikringsordningane, og særleg dagpengeordninga, til å stabilisere den økonomiske utviklinga.

Folketrygdsystemet er utforma slik at ein i hovudsak opparbeider seg rettar gjennom arbeid. Nivået på ytingane er stort sett knytt til tidlegare inntekt, og for fleire ytingar er tidlegare arbeidsinntekt også ein føresetnad for å komme inn under ordninga. Det sikrar at ordningane har eit betydeleg innslag av forsikring. Det gir også insentiv til å opparbeide seg rettar til ytingar gjennom arbeid. Kompensasjonsgrada, eller kor stor andel av den tapte inntekta som blir erstatta, er noko ulik i dei forskjellige ordningane. For sjukepengar, pleiepengar, omsorgspengar og opplæringspengar blir det som hovudregel gitt full inntektskompensasjon opp til seks gonger grunnbeløpet i folketrygda (G). Dei andre ordningane har ei lågare kompensasjonsgrad. Dei fleste vil dermed få høgare inntekt frå arbeid enn frå trygd, noko som stimulerer til å delta i arbeidslivet. Samtidig gir moglegheit for minsteytingar i enkelte ordningar eit sikkerheitsnett for alle.

Inntektssikringsordningane skal både støtte opp om arbeidslinja ved at det skal lønne seg å jobbe, og samtidig gi gode nok ytingar til at dei gir økonomisk tryggleik for dei som ikkje kan jobbe. Desse omsyna kan stå i motstrid og må balanserast i utforminga av ordningane. For å sikre føreseielege vilkår og berekraft må hovudprinsippa i ordningane ligge fast over tid. Samtidig må dei tilpassast behova dei skal møte. For å finne ein god balanse mellom desse omsyna er det viktig å nytte erfaringar og stadig ny kunnskap i arbeidet med å vidareutvikle gode inntektssikringsordningar.

Bruk av forsøksordningar for å teste ut om justeringar fungerer etter intensjonen, kan bidra til det same. Regjeringa vil etablere eit forsøk med eit arbeidsretta ungdomsprogram med ei ny ungdomsyting, der nedsett helsetilstand ikkje er eit inngangsvilkår. Arbeidsavklaringspengar kan i mange tilfelle stå fram som den einaste moglegheita unge har til inntektssikring. For sterk vekt på helse som inngangsvilkår kan medføra at oppfølgingsarbeidet til dei unge blir prega av avgrensingane deira heller enn ressursane deira. Målet med ungdomsprogrammet er å auke overgangen til jobb og utdanning, og førebygge og avgrense tilstrøyminga til helserelaterte ytingar. Departementet har også tatt imot ein søknad frå Arbeids- og velferdsdirektoratet om å etablere eit forsøk med «Eit enklare NAV». Forsøket skal prøve ut éin stønad til unge under 30 år med tett og individuelt tilpassa oppfølging og aktivitet. Målet med «Eit enklare NAV» og forsøket med arbeidsretta ungdomsprogram er i stor grad samanfallande. Begge forsøka skal bidra til at unge kjem raskare i gang med arbeidsretta oppfølging, bl.a. ved at dei får tilgang til inntektssikring utan eit helserelatert inngangsvilkår. Likevel har forsøka forskjellig innretning. Ungdomsprogrammet og «Eit enklare NAV» er nærmare omtalt under punkt 4 God inkludering av utsette grupper i arbeidsmarknaden.

I juni 2024 blei det igangsett ein områdegjennomgang av dei helserelaterte ytingane i folketrygda. Områdegjennomgangen har to formål. Det eine er å tydeleggjere kva som er årsakene til bruken av helserelaterte ytingar, og å sjå breitt på årsakene til at personar får helserelaterte ytingar. Det andre er å foreslå tiltak som kan føre til redusert tilgang til helserelaterte ytingar og auka overgang frå helserelaterte ytingar til arbeid. Målet er auka sysselsetting ved at fleire kjem heilt eller delvis i arbeid. Tiltaka skal over tid føre til redusert vekst i utgiftene til folketrygda. Gjennomgangen blir utført av Oslo Economics. Sluttrapport skal etter planen leverast i juni 2025.

I juni 2024 leverte Proba samfunnsanalyse ein rapport frå ein analyse der dei såg nærmare på korleis Arbeids- og velferdsetaten følger opp mottakarar av arbeidsavklaringspengar.15 I analysen brukte dei kvalitative forskingsmetodar for å undersøke korleis oppfølginga fungerer sett opp mot hensikta med arbeidsavklaringspengar. Hovudinntrykket til forskarane var at det skjer mykje god oppfølging, men dei fann også potensial for forbetringar, særleg knytt til oppfølginga av mottakarar med eit komplekst utfordringsbilde og uavklarte sider ved helsesituasjon, behandling og prognose. Rapporten gir anbefalingar når det gjeld tiltaksporteføljen og tilgangen rettleiarane har til kompetanse om helse og nødvendige verktøy til bruk i oppfølgingsarbeidet. Rapporten inngår i kunnskapsgrunnlaget for den vidare utviklinga av oppfølgingsarbeidet i Arbeids- og velferdsetaten.

I mai 2024 publiserte OsloMet ein rapport som samanstiller og samanfattar litteratur om ordninga med arbeidsavklaringspengar frå 2010 til 2023.16 Til saman er 231 forskings- og analysearbeid av både kvantitativ og kvalitativ art inkluderte i rapporten. Rapporten viser også til kunnskapshol på området, og kjem med forslag til område som det vil vere nyttig å forske meir på når det gjeld arbeidsavklaringspengar.

Regjeringa har gjort fleire endringar i inntektssikringsordningane dei siste åra.

Regelverket for arbeidsavklaringspengar blei endra frå 1. juli 2022. Endringane er viktige for å unngå at personar på arbeidsavklaringspengar fell ut av ordninga før dei er ferdig avklarte. Det vil gi meir tid til å avklare arbeidsevna for dei som treng det. Arbeidsavklaringspengar er framleis ei tidsavgrensa yting, og mottakarane skal ha tett og god oppfølging undervegs i avklaringsløpet.

For å betre inntekta til utsette barnefamiliar avvikla ein frå 1. juli 2022 regelen om at summen av uføretrygd og barnetillegg ikkje kan utgjere meir enn 95 pst. av inntekta før uførleik. I samanheng med budsjettavtalen mellom regjeringa og SV om statsbudsjettet for 2023 blei barnetillegga til mottakarar av dagpengar, arbeidsavklaringspengar og kvalifiseringsstønad oppjusterte frå 1. februar 2023. I tillegg det er det med verknad frå 1. januar 2023 gitt rett til barnetillegg til begge forsørgarane, dersom begge og får dagpengar.

I samanheng med budsjettavtalen mellom regjeringa og SV om statsbudsjettet for 2024 blei minstesatsane for arbeidsavklaringspengar, uføretrygd og kvalifiseringsstønad oppjusterte frå 1. juli 2024. Minstesatsane for arbeidsavklaringspengar og deltakarar i kvalifiseringsprogrammet auka med 0,041 G. Mottakarar under 25 år vil framleis få to tredelar av den ordinære satsen. Kommunane er kompenserte for den anslåtte heilårseffekten av endringane i kvalifiseringsstønaden for 2025, jf. Prop. 1 S (2024–2025) for Kommunal- og distriktsdepartementet. Minstesatsane for uføretrygd auka med 0,049 G.

For nærmare omtale av regelverket for inntektssikringsordningane viser vi til programkategoriomtalane. Sjå også punkt 6.1 Ein velfungerande arbeidsmarknad med god utnytting av arbeidskrafta for ein nærmare omtale av dagpengeordninga for arbeidsledige og punkt 6.7 Gode og føreseielege pensjonar for dagens og framtidige generasjonar for ein omtale av ordninga med alderspensjon.

Dei sosiale tenestene i arbeids- og velferdsforvaltninga er det nedre økonomiske og sosiale sikkerheitsnettet. Sjå nærmare omtale av desse tenestene under punkt 6.8 Inkludering i samfunnet og gode levekår for dei mest vanskelegstilte.

6.6.1 Kombinere uføretrygd og arbeid

Noreg har ein høg andel mottakarar av uføretrygd og andre helserelaterte ytingar, jf. omtale i del I, punkt 3.6 Helserelaterte ytingar.

Det viktigaste for å hindre at nokon hamnar utanfor arbeidslivet på grunn av helseutfordringar, er gode tiltak og tett oppfølging før uføretrygd blir aktuelt, særleg for unge med samansette utfordringar. Derfor vil regjeringa styrke innsatsen gjennom meir målretta og effektive arbeidsmarknadstiltak, med særleg vekt på unge.

Som det går fram av Hurdalsplattforma, vil regjeringa gjere det lettare å kombinere trygd og arbeid. Eitt av tiltaka i Meld. St. 33 (2023–2024) En forsterket arbeidslinje er å vurdere om unge som får uføretrygd bør få målretta informasjon frå Arbeids- og velferdsetaten om korleis ein kombinerer arbeid og trygd og moglegheiter for arbeidsretta oppfølging. Ifølgje opplysningar frå Arbeids- og velferdsdirektoratet ønsker fleire unge uføre arbeid ved sidan av trygda, men dei treng støtte og informasjon. Sjå elles nærmare omtale av innsatsen for å inkludere unge under punkt 6.4 God inkludering av utsette grupper i arbeidsmarknaden.

Våren 2024 hadde departementet på høyring eit forslag om meir fleksible reglar for uføre som er på veg mot full jobb. Forslaget gjeld ei utviding av unntak frå tilbakekrevjing av uføretrygd når årsinntekta overstig 80 pst. av tidlegare inntekt ved såkalla arbeidsforsøk. Regjeringa vil også sjå nærmare på reglane om avkorting av uføretrygd for mottakarar som har inntekt ved sida av trygda. Målet er å hindre at nokre grupper uføretrygda får ein særleg høg reduksjon i uføretrygda si ved samtidig inntekt, og såleis tener lite på å arbeide. Sjå nærmare omtale under Programkategori 29.50, kap. 2655 Uførleik.

6.6.2 Sosiale ordningar for sjølvstendig næringsdrivande og frilansarar

Sjølvstendig næringsdrivande og frilansarar har mange av dei same rettane til inntektssikring som arbeidstakarar. Samtidig er det nokre forskjellar, som heng saman med skatteinnbetalingane og at desse gruppene blir rekna som sine eigne arbeidsgivarar. I tillegg er ordningane utforma med omsyn til at næringsverksemd og frilansoppdrag ofte inneber større grad av fleksibilitet og moglegheit til å tilpasse eiga arbeidstid enn arbeidstakarforhold.

Regjeringa arbeider med utvalde problemstillingar knytte til dei rettane sjølvstendig næringsdrivande og frilansarar har. Regjeringa meiner at dei sosiale ordningane for sjølvstendig næringsdrivande og frilansarar samla sett er gode, særleg sett opp mot dei samla skatte- og avgiftsinnbetalingane for desse gruppene. Samtidig er det nokre utfordringar som det har vore viktig å sjå nærmare på. Arbeids- og inkluderingsdepartementet, dels i samarbeid med Kultur- og likestillingsdepartementet og Barne- og familiedepartementet, arbeider derfor med å greie ut desse problemstillingane og finne fram til moglege tiltak. Arbeidet må også sjåast i samanheng med oppfølging av oppmodingsvedtaka 456 (2021–2022) og 56 (2023–2024) om same temaet, sjå omtale under del I, punkt 4 Oppmodingsvedtak.

Arbeids- og inkluderingsdepartementet, saman med Kultur- og likestillingsdepartementet, har gjennomført ein innspelsrunde retta mot sjølvstendig næringsdrivande og frilansarar om utfordringar knytt til rettane til desse gruppene. Det kom innspel frå bransjeorganisasjonar, fagforeiningar, enkeltpersonar og partar i arbeidslivet. Innspela ga god innsikt i korleis aktørane opplever utfordringane i tillegg til at det kom inn forslag til tiltak. Innspela vil gå inn som ein del av Arbeids- og inkluderingsdepartementet si utgreiing av moglege tiltak på området. I tillegg har begge departementa vurdert informasjonstiltak, høvesvis generelt og innafor kunstfeltet. God informasjon og rettleiing om konsekvensane av organisasjonsform for rettar og pliktar, vil gjere aktørane betre i stand til å ta opplyste val.

Som ein del av utgreiingsarbeidet vurderer Arbeids- og inkluderingsdepartementet grensa for når Arbeids- og velferdsetaten skal gjere ein skjønnsmessig fastsetting av sjukepengegrunnlaget for arbeidstakarar og frilansarar.

Vidare vurderer departementet utforminga av forsikringsordningane for tilleggssjukepengar for sjølvstendig næringsdrivande og frilansarar, bl.a. på bakgrunn av ein rapport som Vista Analyse leverte til departementet i 2023. Departementet arbeider med sikte på å sende ut eit høyringsnotat om enkelte regelverksendringar hausten 2024.

Stortinget slutta seg våren 2024 til enkelte endringar i foreldrepengeordninga om forlenging av stønadsperioden og styrking av fedrars rett til foreldrepengar. Desse lovendringane er viktige, også for sjølvstendig næringsdrivande.

Utgreiingsarbeidet omfattar også eit oppdrag til Arbeids- og velferdsdirektoratet knytt til rettleiing om og forvalting av rettane til desse gruppene. Arbeidet har tatt noko lengre tid enn venta og vil halde fram utover hausten 2024.

Utgreiingsarbeidet vil fortsette inn i 2025, og regjeringa vil derfor komme tilbake med ei nærmare utgreiing og vurdering i Prop. 1 S (2025–2026).

6.7 Gode og føreseielege pensjonar for dagens og framtidige generasjonar

6.7.1 Mål for pensjonspolitikken

Pensjonspolitikken har som mål at pensjonssystemet skal vere økonomisk og sosialt berekraftig, og at det skal sikre både dagens og kommande generasjonar føreseielege og gode pensjonar. Pensjonssystemet må derfor gi gode insentiv til arbeid, samtidig som det er fleksibelt, slik at alle kan velje sjølv når dei vil ta ut pensjon, og kor stor andel dei skal ta ut. Det må vidare ha ein god likestillings- og fordelingsprofil, opplevast som rettferdig, vere mest mogleg oversiktleg og føreseieleg og ha god oppslutning i befolkninga.

Det er frå 2011 gjennomført ei omfattande reform av pensjonssystemet som tryggjer pensjonane i framtida og bidrar til å styrke den økonomiske berekrafta. Reforma stimulerer til auka yrkesdeltaking, noko som igjen aukar dei offentlege inntektene. Yrkesaktiviteten blant eldre har gått opp etter 2010, jf. målet om redusert fråfall frå arbeidslivet (punkt 6.3) og omtalen av utviklinga i sysselsetting blant eldre (del I, punkt 3.2). Samtidig gjer reforma det mogleg med ein fleksibel overgang mellom arbeid og pensjon. Utgiftene til alderspensjon blir på lang sikt lågare enn om reforma ikkje hadde blitt gjennomført, men utgiftene vil, sjølv med pensjonsreforma, halde fram med å auke sterkt i åra framover som følge av at det blir fleire eldre.

På lang sikt er det særleg levealdersjusteringa som bidrar til innsparingar. Nye årskull med alderspensjonistar må ved aukande levealder utsette uttaket av pensjon for å få like høg pensjon som dei eldre årskulla får. I forlika som leidde opp til pensjonsreforma, var det brei einigheit om at alderspensjon under utbetaling skal regulerast svakare enn lønnsveksten. Dette gjeld for alle alderspensjonistar og dempar utgiftsveksten også på kortare sikt. Det er rimeleg at også dagens eldre bidrar til å sikre eit berekraftig pensjonssystem, slik at ikkje heile rekninga blir send til neste generasjon.

Stortinget vedtok våren 2022 nye reglar for regulering av alderspensjon under utbetaling. Dei gamle reglane som blei innførte med pensjonsreforma, blei innførte med sikte på at pensjonane over tid skulle ha ei utvikling som svarte til gjennomsnittet av lønns- og prisveksten. Dei gamle reglane innebar at pensjonane blei regulerte med lønnsveksten, og deretter blei det trekt frå ein fast faktor på 0,75 pst. Alderspensjon under utbetaling blir frå og med 2022 regulert med gjennomsnittet av den faktiske lønns- og prisveksten. Dette gjeld også for regulering av minste pensjonsnivå og garantipensjon. Avtalefesta pensjon (AFP) i privat sektor blir regulert i tråd med dei gamle reglane.

Regjeringa vil styrke den sosiale berekrafta i pensjonssystemet, samtidig som dette må vektast mot den økonomiske berekrafta. Regjeringa la fram Meld. St. 6 (2023–2024) Et forbedret pensjonssystem med en styrket sosial profil 15. desember 2023. I meldinga foreslår regjeringa ei rekke tiltak for å styrke den sosiale berekrafta: ein gradvis auke av aldersgrensene, ei betre regulering av minsteytingane og ei styrking av alderspensjonen til uføre. I samband med stortingsbehandlinga av meldinga inngjekk regjeringspartia og partia Høgre, Sosialistisk Venstreparti, Venstre, Kristeleg Folkeparti og Miljøpartiet Dei Grøne ein avtale om justeringar i regelverket for pensjon. Sjå vidare omtale under punkt 6.7.3 Igangverande prosessar på pensjonsområdet og programkategori 29.70 Alderdom.

6.7.2 Det samla pensjonssystemet

Det samla pensjonssystemet blir ofte omtalt som tredelt, med alderspensjonen frå folketrygda, tenestepensjonar (pensjonar opptente i arbeidsforhold) inkludert AFP og dessutan individuell pensjonssparing.

  • Alderspensjonen i folketrygda er berebjelken i pensjonssystemet og utgjer for dei fleste den klart største delen av den samla alderspensjonen deira. Dei samla utbetalingane av alderspensjon frå folketrygda i 2025 er anslått til 336 mrd. kroner, og noverdien av dei opptente rettane til alderspensjon i folketrygda er anslått til nær 10 900 mrd. kroner ved inngangen til 2024.

  • Retten til tenestepensjon blir gradvis bygd opp gjennom tilsettingsforhold og finst i ulike ordningar med varierande utforming og ytingsnivå. Innskotspensjon har over tid blitt det tenestepensjonsproduktet som langt dei fleste arbeidstakarane i privat sektor blir dekte av. Innskotspensjon er kjenneteikna av at eit årleg innskot til pensjon, normalt som ein prosentandel av lønna til den enkelte, er definert i pensjonsavtalen. Det årlege innskotet skal frå 1. januar 2022 minst utgjere 2 pst. av lønna opp til tolv gonger grunnbeløpet i folketrygda (G). I offentleg sektor er tenestepensjonsordninga for årskull fødde før 1963 ei bruttoordning som garanterer eit gitt samla nivå på den årlege pensjonen frå folketrygda og tenestepensjonsordninga. Årskull fødde frå og med 1963 tener frå og med 2020 opp offentleg tenestepensjon i ei påslagsordning som blir berekna uavhengig av folketrygda. Ifølge Statistisk sentralbyrå utgjorde pensjonsforpliktingane i tenestepensjonsordningane, eksklusiv AFP, drygt 2 600 mrd. kroner ved inngangen til 2024. Av dette beløpet utgjorde forpliktingane til offentleg sektor om lag 59 pst.

  • AFP i privat sektor gir eit livsvarig påslag til alderspensjon frå folketrygda. AFP i offentleg sektor er lagd om etter mønster av AFP-ordninga i privat sektor for tilsette fødde i 1963 eller seinare, jf. Prop. 35 L (2023–2024), Innst. 231 L (2023–2024) og Lovvedtak 51 (2023–2024). I offentleg sektor er AFP framleis ei tidlegpensjonsordning i alderen 62–66 år for tilsette fødde til og med 1962. Alle tilsette i offentleg sektor er omfatta av AFP-ordninga, mens om lag halvparten av dei tilsette i privat sektor arbeider i ei verksemd som er tilslutta AFP-ordninga.

  • Individuell pensjonssparing (IPS), avgrensa til dei skattefavoriserte ordningane, utgjer ein avgrensa del av pensjonssystemet. Pensjonsforpliktingane i desse ordningane utgjorde nær 74 mrd. kroner ved inngangen til 2024.

For den enkelte vil den årlege samla pensjonen særleg avhenge av kva pensjonsordningar vedkommande har rett til, inntekta i og lengda på oppteningsperioden, fødselsår og når pensjonen blir tatt ut. Alderspensjonen frå folketrygda er berebjelken i pensjonssystemet, og dei andre pensjonsordningane er tilpassa denne. Innføringa av fleksibelt uttak av alderspensjon i folketrygda og levealdersjustering frå 2011 har gjort det nødvendig å justere ei rekke tilgrensande ordningar, både i og utanfor folketrygda. Mykje av dette arbeidet er ferdig, men det er enno i gang arbeid på pensjonsområdet. Dette er omtalt nærmare nedanfor.

6.7.3 Igangverande prosessar på pensjonsområdet

Pensjonsforliket

Pensjonsutvalet, leidd av Kristin Skogen Lund, hadde som mandat å vurdere behov for justeringar som bidrar til å sikre den økonomiske og sosiale berekrafta i pensjonssystemet. Utvalet leverte rapporten sin, NOU 2022: 7 Et forbedret pensjonssystem, til Arbeids- og inkluderingsdepartementet 16. juni 2022. Eit samla utval viste til at pensjonsreforma var nødvendig for å avgrense veksten i utgiftene til alderspensjon frå folketrygda og betre berekrafta i offentlege finansar. Vidare vurderte utvalet at reforma ser ut til å verke etter hensikta, og at hovudelementa i reforma må ligge fast. Utvalet peikte samtidig på behov for justeringar for å styrke den sosiale berekrafta i pensjonssystemet, irekna ein gradvis auke i aldersgrensene i pensjonssystemet, ei betre regulering av minstenivåa og ein auka alderspensjon til uføre.

Regjeringa la fram Meld. St. 6 (2023–2024) Et forbedret pensjonssystem med en styrket sosial profil 15. desember 2023. I meldinga foreslår regjeringa ei rekke tiltak for å styrke den sosiale berekrafta i pensjonssystemet. Tre sentrale forslag er

  • ein gradvis auke av aldersgrensene i pensjonssystemet og tilgrensande ordningar (helserelaterte ytingar, dagpengar m.m.) for personar fødde i 1964 og seinare, i takt med auken i forventa levealder

  • lønnsregulering av minstesatsane i alderspensjon, kombinert med at løpande pensjonar blir regulerte med gjennomsnittet av pris- og lønnsveksten

  • auka pensjon til uføre i yngre årskull gjennom auka alder for opptening og overgang til alderspensjon for personar som får uføretrygd

Arbeids- og sosialkomiteen leverte Innst. 233 S (2023–2024) 14. mars 2024. Med innstillinga følgde ein avtale mellom regjeringspartia og partia Høgre, Sosialistisk Venstreparti, Venstre, Kristeleg Folkeparti og Miljøpartiet Dei Grøne. Avtalepartane stiller seg bak forslaga til regjeringa om ein gradvis auke av aldersgrensene, ei betre regulering av minsteytingane i pensjonssystemet og ei styrking av alderspensjonen til uføre. Vidare har avtalepartane blitt einige om å opprette ei slitarordning i folketrygda samtidig med dei andre endringane i pensjonssystemet, å ikkje innføre plikta til å fråtre ved særaldersgrensa igjen, å auke den alminnelege aldersgrensa for statstilsette og dessutan å utarbeide ein heilskapleg strategi for informasjon på pensjonsområdet. Avtalen seier vidare at skjermingstillegget i alderspensjon til tidlegare mottakarar av uføretrygd skal utvidast til også å omfatte årskulla 1954–1962. Uføre alderspensjonistar i dei aktuelle årskulla skal få eit tillegg i alderspensjon opptent etter gammal oppteningsmodell med same sats som årskullet 1953.

Departementet tar sikte på å sende forslag om auka aldersgrenser i pensjonssystemet og tilgrensande ordningar, og ei slitarordning i folketrygda, på høyring i løpet av kort tid. Regjeringa foreslår at skjermingstillegget blir utvida til også å omfatte årskulla 1954–1962 med verknad frå 2025. Sjå også omtale under programkategori 29.70 Alderdom.

Som ein del av pensjonsforliket i Stortinget 29. februar 2024 blei det avtalt at den alminnelege aldersgrensa for statstilsette og andre medlemmer i Statens pensjonskasse blir auka frå 70 til 72 år. Dermed blir aldersgrensa harmonisert med den generelle aldersgrensa i arbeidsmiljølova på 72 år for tilsette i privat sektor. Det blei også avtalt at det skal gjerast ei vurdering av reglane om bedriftsinterne aldersgrenser i arbeidsmiljølova. Regjeringa vil våren 2025 legge fram forslag om auka aldersgrense i staten og endringar i reglane i arbeidsmiljølova om bedriftsintern aldersgrenser. Forslag til endringar i arbeidsmiljølova vil bli sendt på høyring i løpet av kort tid.

Offentleg tenestepensjon

Partane i offentleg sektor blei 3. mars 2018 einige om ei ny pensjonsløysing for offentleg sektor. Avtalen omfattar både alderspensjon og avtalefesta pensjon (AFP). Departementet følgde opp avtalen med lovforslag i dei lovfesta offentlege tenestepensjonsordningane, som blei vedtatt av Stortinget 5. juni 2019, jf., Prop. 87 L (2018–2019), Innst. 314 L (2018–2019), Lovvedtak 72 (2018–2019) og lov 21. juni 2019 nr. 26.

I tråd med pensjonsavtalen frå 3. mars 2018 skal ny AFP i offentleg sektor utformast etter mønster av AFP i privat sektor. Departementet følgde opp avtalen om ny AFP med lovforslag for medlemmer av Statens pensjonskasse, som blei vedtatt av Stortinget 21. mars 2024, jf. Prop. 35 L (2023–2024), Innst. 231 L (2023–2024), Lovvedtak 51 (2023–2024) og lov 12. april 2024 nr. 14.

Dei nye tenestepensjonsordningane gjeld frå 2020 og omfattar årskull fødde frå og med 1963. Ny AFP i offentleg sektor omfattar dei same årskulla og vil gjelde frå 2025. Dei nye ordningane gir betre utteljing for å stå lenger i arbeid, bygger ned mobilitetshindringar mellom offentleg og privat sektor og er tilpassa pensjonsreforma.

I pensjonsavtalen frå 3. mars 2018 går det fram at regelverket for personar med særaldersgrense som er fødde i 1963 eller seinare, må tilpassast påslagsmodellen. Inntil ein endeleg avtale om pensjon til personar med særaldersgrense ligg føre, blir det vidareført ei tidlegpensjonsordning for personar med særaldersgrense for åra fram til fylte 67 år, jf. Prop. 87 L (2018–2019), Innst. 314 L (2018–2019) og Lovvedtak 72 (2018–2019). Etter vedtak i Stortinget i juni 2021, jf. Prop. 138 L (2020–2021), Innst. 519 L (2020–2021) og Lovvedtak 160 (2020–2021), har det frå 1. juli 2021 ikkje lenger vore noka plikt til å fråtre ei stilling ved aldersgrensa for personar med særaldersgrense 60, 63 eller 65 år.

Regjeringa og partane i offentleg sektor blei 25. august 2023 einige om nye pensjonsreglar for personar som har ei særaldersgrense og er fødde frå og med 1963. Dei nye reglane inneber at personar med særaldersgrense får eit særalderspåslag som er eit påslag til livsvarig pensjon som kjem på toppen av ordinær pensjon. Særalderspåslaget er 5,8 pst. for dei som har aldersgrense 65 år, 6,5 pst. for dei som har aldersgrense 63 år, og 7,7 pst. for dei som har aldersgrense 60 år. Avtalen inneber vidare at tidlegpensjonsordninga blir avvikla frå og med 1965-kullet for dei som har aldersgrense 65 år, og dessutan at 85-årsregelen blir fasa ut for dei som har aldersgrense 60 og 63 år. Dei nye reglane inneber også at særaldersgrensene og utbetalingsperioden for tidlegpensjon blir flytta oppover i takt med hevinga av aldersgrensene i folketrygda. Den 28. juni sende regjeringa eit forslag til nye pensjonsreglar for personar som har ei særaldersgrense, på høyring. Forslaget følger opp avtalen med partane. Høyringsfristen er 1. november 2024.

I avtalen frå 25. august 2023 erkjenner avtalepartane at dei som pliktar å fråtre ved aldersgrensa, står i ei særstilling. Partane har avtalt ein prosess for å avklare særreglane for denne gruppa. I avtalen går det fram at denne prosessen skal avsluttast innan 1. juli 2024, men partane har seinare blitt einige om å utsette fristen til 1. oktober 2024.

Regjeringa og partane i offentleg sektor er innforstått med at det no blir sett i gang eit arbeid for å vurdere det framtidige omfanget av særaldersgrenser. Arbeidet har som siktemål at offentleg sektor i større grad får nyttiggjort seg kompetansen til personar som i dag har særaldersgrense.

Regjeringa la 26. mai 2023 fram ein lovproposisjon om å oppheve minstegrensa på 20 pst. stilling for rett til medlemskap i dei lovfesta offentlege tenestepensjonsordningane i lov om Statens pensjonskasse, apotekarpensjonslova og sjukepleiarpensjonslova. Stortinget har vedtatt lovendringa, men iverksettinga er utsett, jf. Prop. 120 L (2022–2023), Innst. 37 L (2023–2024) og Lovvedtak 1 (2023–2024). I samband med stortingsbehandlinga blei regjeringa beden om å legge til rette for at pensjonerte sjukepleiarar har gode insentiv til å jobbe i mindre stillingar i det offentlege, under dette å vurdere unntak for innmelding i pensjonsordninga for sjukepleiarar. Regjeringa har blitt einig med partane om ei løysing som gjer det mogleg for sjukepleiarar fødde før 1965 å jobbe ved sida av pensjonen utan at pensjonen blir avkorta. Opphevinga av minstegrensa inneber at også alle offentleg tilsette vil få pensjonsopptening frå første krone og første dag.

AFP i privat sektor

LO og NHO evaluerte i 2017 AFP-ordninga i privat sektor, som blei lagd om som ein del av pensjonsreforma i 2011, og konkluderte med at ordninga etter omlegginga i hovudsak har fungert som føresett, men at det er enkelte forhold ved den noverande ordninga som bør greiast ut vidare.

LO og NHO blei i tariffoppgjeret i 2018 einige om å greie ut alternativ til den gjeldande AFP-ordninga, jf. protokollen til tariffpartane 8. april 2018. Av protokollen går det fram at eit felles mål for ei framtidig ordning er at det skal vere betre samsvar mellom kor lenge ein har vore i ei AFP-bedrift, og kva ein får utbetalt i pensjon. Det daverande Arbeids- og sosialdepartementet og Finansdepartementet hjelpte partane i utgreiingsarbeidet.

Utgreiingsarbeidet identifiserte eit mogleg handlingsrom og etablerte nokre rammer for løysingar som kan balansere ulike omsyn. Arbeidet er dokumentert i rapporten Utredning av en mulig reformert AFP-ordning i privat sektor, som blei publisert 12. mai 2021. AFP i privat sektor er partane si ordning. Regjeringa er innstilt på å gå i forhandlingar med partane med sikte på ei omlegging dersom partane ønsker å gå vidare med ei omlegging av ordninga.

Reform av ytingar til etterlatne

Etter forslag frå Regjeringa Solberg vedtok Stortinget 10. desember 2020 ei reform av etterlatneytingane frå folketrygda, jf. Prop. 13 L (2020–2021), lovvedtak 39 (2020–2021) og Innst. 128 L (2020–2021). Vedtaket må sjåast i lys av pensjonsreforma og inneber ei omfattande omlegging av ytingane frå folketrygda til etterlatne. Dei nye reglane tok til å gjelde 1. januar 2024. Ytingane til vaksne etterlatne under 67 år er gjorde om til ein tidsavgrensa omstillingsstønad med aktivitetsplikt, der målet er at den etterlatne i løpet av omstillingsperioden skal komme ut i jobb og bli sjølvforsørgande. Barnepensjonane er styrkte og forenkla. Vidare blir særreglane for å berekne uføretrygd og alderspensjon til etterlatne fasa ut.

Pensjonstrygda for fiskarar

Fiskarar som heilt eller delvis har inntekt i form av lott, blir i dag i skatte- og trygderettsleg samanheng rekna som sjølvstendig næringsdrivande. Til liks med andre sjølvstendig næringsdrivande er fiskarane ikkje omfatta av obligatorisk tenestepensjon, men dei har i motsetting til andre sjølvstendig næringsdrivande likevel ei pliktig pensjonsordning gjennom pensjonstrygda for fiskarar. Pensjonstrygda er ei lovbestemt, pliktig tidlegpensjonsordning (avtrappingspensjon) frå 60 til 67 år for personar som har eller har hatt fiske som hovudnæring.

Pensjonstrygda for fiskarar er utlikningsfinansiert. Det vil seie at ordninga ikkje er fondert, men at pensjonsutgiftene for året blir dekte av årets inntekter frå medlemspremie og ei omsettingsavgift på salet av fisk. Utgiftene ordninga har til pensjonar, har over fleire år vore høgare enn inntektene til ordninga, og det har derfor vore nødvendig med til dels betydelege bidrag frå likviditetsfondet for ordninga, som i si tid blei bygd opp av den tidlegare utførselsavgifta som blei avvikla i 1993. I 2020 var likviditetsfondet brukt opp, og sidan ordninga er garantert av staten, har det blitt gitt tilskot frå staten over statsbudsjettet i perioden 2020–2023.

For å sikre ein betre balanse mellom inntektene og utgiftene til ordninga har ein auka både medlemspremien og omsettingsavgifta i fleire omgangar. Medlemspremien og omsettingsavgifta utgjorde i 2023 høvesvis 16 142 kroner og 0,4 pst.

Under Regjeringa Solberg sende departementet 16. september 2021 på høyring eit forslag om å lukke ordninga, slik at ho på sikt blir avvikla. Bakgrunnen var at ordninga var underfinansiert og i tillegg hadde ei rekke svakheiter. I høyringsnotatet foreslo departementet at ordninga blei lukka for nye medlemmer og dermed på sikt blei avvikla. Som ei følge av at ei lukking ville redusere inntektene til pensjonstrygda, uttalte departementet i høyringsnotatet at regjeringa var innstilt på å dekke delar av underdekninga, med eit beløp som motsvarte det beløpet ein gjekk ut frå at staten måtte utbetale i statsgaranti dersom ordninga blei vidareført. Endeleg uttalte departementet i høyringsnotatet at det blei føresett at næringa sjølv ville finansiere kostnadene ved ei raskare lukking eller ei vidareføring av dagens ordning.

I høyringsrunden retta enkelte høyringsinstansar kritikk mot prosessen. Som ei følge av dette blei det hausten 2022 sett ned ei partssamansett arbeidsgruppe til å greie ut om det var behov for ei eiga pensjonstrygd for fiskarar, og korleis denne i så fall burde vere utforma. Høyringsnotatet og rapporten frå arbeidsgruppa vil bli følgde opp på eigna måte. Arbeidet i arbeidsgruppa har vore forsinka. Samtidig er det forventa en nedgang i ordningas inntekter for 2025 som gjer at det er behov for eit statstilskott for 2025. Ein forventa ubalanse mellom inntektene og utgiftene til ordninga i 2025 trekk i retning av at medlemspremien og omsettingsavgifta burde aukast. I påvente av ein ferdig rapport frå arbeidsgruppa er regjeringas vurdering at medlemspremien og omsettingsavgifta ikkje aukast no.

Innspel frå pensjonistorganisasjonane til utforminga av eldrepolitikken

Regjeringa meiner at pensjonistane i større grad skal kunne komme med innspel til utforminga av eldrepolitikken til regjeringa og til politikken på andre område som vedkjem dei. I Hurdalsplattforma har regjeringa derfor slått fast at ho vil gi pensjonistorganisasjonar forhandlingsrett på andre område enn reguleringa av pensjonar for å gi dei moglegheita til å drøfte viktige spørsmål i eldrepolitikken. På denne bakgrunnen inngjekk regjeringa 20. juni 2022 ein avtale med organisasjonane til pensjonistane og arbeidstakarane om fire årlege møte om statsbudsjetta for at regjeringa gjennom desse årlege møta kan nyttiggjere seg kompetansen til organisasjonane og innsikta dei har i eit viktig politikkområde. Politikken regjeringa har på område som vedkjem eldre, vil på denne måten vere betre forankra i ønska og behova til pensjonistane, og verkemidla i eldrepolitikken kan slik innrettast til det beste for levekåra og livssituasjonen til dei eldre, jf. også omtale i Prop. 41 L (2021–2022) Endringer i folketrygdloven, lov om Statens pensjonskasse og enkelte andre lover (endret regulering av alderspensjon under utbetaling), kapittel 10.

Pensjonist- og arbeidstakarorganisasjonane har til budsjettet for 2025 fremma krav på områda til fleire departement. Regjeringa viser til ønska frå organisasjonane om høgare minstepensjon, betre alderspensjon til uføre og sjukepengerettar etter fylte 67 år. Dette er område som også er behandla i i Meld. St. 6 (2023–2024) Et forbedret pensjonssystem med styrket sosial profil, Innst. 233 S (2023–2024) frå Arbeids- og sosialkomiteen og i pensjonsavtalen mellom regjeringspartia og partia Høgre, Sosialistisk Venstreparti, Venstre, Kristeleg Folkeparti og Miljøpartiet Dei Grøne. Departementet tar sikte på å sende forslag om endringar i pensjonssystemet på høyring i løpet av kort tid. Regjeringa foreslår at skjermingstillegget utvidast til òg å omfatte årskulla 1954–1962 med verknad allereie frå 2025, jf. omtale under programkategori 29.70 Alderdom.

Organisasjonane har spilt inn ønske om å styrkje insentiva til å stå lenger i arbeid. Regjeringa viser til at pensjonssystemet over mange år er blitt lagd om for å gjere det meir lønnsamt å stå lenger i arbeid. Alderspensjon frå folketrygda, private tenestepensjonar og AFP i privat sektor blei lagt om frå 2011 og frå 2025 får også offentleg tilsette fødd i 1963 eller seinare styrka insentiv til å stå lenger i arbeid. Vidare foreslo regjeringa i Prop. 37 L (2023–2024) Endringer i lov om Statens pensjonskasse og enkelte andre lover (styrket insentiv til å jobbe lenger) ei lovendring som gjer det meir lønnsamt å stå lenger i arbeid også for offentleg tilsette fødd 1954–1962. Stortinget slutta seg til forslaget, jf. Innst. 37 L (2023–2024) og Lovvedtak 52 (2023–2024). Regelendringa vil gi auka utbetaling av tenestepensjon for offentleg tilsette fødd 1954–1962, som fortsett i arbeid utover alderen kor dei har kompensert for verkinga av levealdersjustering.

Organisasjonane har etterspurt ei satsing på styrkt grunnbemanning i dei kommunale helse- og omsorgstenestene, satsing på heiltid og faste stillingar, fleire studieplassar innan helsesektoren og fleire praksisplassar. Opptrappingsplan for heltid og god bemanning i omsorgstjenesten har som mål å bidra til tilstrekkeleg med årsverk med relevant utdanning i omsorgstenesta og består av tiltak knytte til tenesteutvikling, rekruttering og kvalifisering av tilsette og også knytte til leiinga og til planlegging.

Helsepersonellkommisjonens utgreiing, NOU 2023: 4 Tid for handling, gir ei heilskapleg og kunnskapsbasert vurdering av behova for personell og kompetanse fram mot 2040 og foreslår tiltak for å møte utfordringane. Regjeringa har fulgt opp utgreiinga i stortingsmeldingane Nasjonal helse- og samhandlingsplan og profesjonsmeldinga. I tillegg arbeidar regjeringa med ei stortingsmelding om høgare yrkesfagleg utdanning. Vidare inngjekk regjeringa i september 2022 ein samarbeidsavtale med KS for å auke kapasiteten og kvaliteten i praksisplassar i kommunane for helse- og sosialfagstudentar. Regjeringa vil også føre vidare satsinga på bu- og reisestønad til studentane og andre tiltak som støttar opp under kvalitet og kapasitet i praksis i kommunar langt frå campus. Vi viser til nærmare omtale i Prop. 1 S (2024–2025) og (2023–2024) Kunnskapsdepartementet.

Regjeringa foreslår midlar til fleire studieplassar innan medisin, dette kjem i tillegg til den styrkte kapasiteten frå 2024 i medisin, fysioterapi og vernepleie. For å kunne møte utfordringane i dei kommunale helse- og omsorgstenestene med kunnskapsbasert politikk tildelte regjeringa midlar til KS for å opprette og utvikle Kommunane sitt strategiske forskingsorgan (KSF). KSF bygger samarbeid mellom små og store kommunar, forskingsmiljøa og andre aktørar, for å fremme kunnskapsbaserte slutningar og utvikling av tenester i kommunane. KSF skal medverke til å samordne og prioritere kommunanes kunnskapsbehov, meir relevant forsking for kommunane og betre spreiing og bruk av kunnskap, innovasjons- og forskingsresultata, jf. Prop. 1 S (2024–2025) Helse- og omsorgsdepartementet og Prop. 1 S (2024–2025) og (2023–2024) Kunnskapsdepartementet. I tillegg har regjeringa tildelt midlar til program i Forskingsrådet for forsking som er forankra i kommunale helse- og omsorgsbehov, jf. Prop. 1 S (2024–2025) og (2023–2024) Kunnskapsdepartementet.

Organisasjonane ønsker ei satsing på fastlegeordninga og at tannhelse blir ein del av eigenandelsordninga. Regjeringa sette i august 2022 ned eit hurtigarbeidande ekspertutval som skulle gjennomgå fastlegeordninga og levere konkrete forslag til forbetringar frå 2024 og framover. Den 18. april 2023 leverte utvalet rapporten over til regjeringa. Rapporten har fleire interessante anbefalingar knytte til bl.a. organisering og finansiering, kompetanse og legevakt. Regjeringa er allereie i gang med å vurdere og greie ut mange av tiltaka som er foreslått i rapporten. Regjeringa har varsla ein stortingsmelding om allmennlegetenestene våren 2025. Tannhelsefeltet er styrkt atskilleg i statsbudsjetta for 2022, 2023 og 2024. Parallelt med styrkinga har regjeringa sett ned eit utval som skal komme med forslag som kan sikre at tannhelsetenestene blir likestilte med andre helsetenester. Utvalet leverte si utgreiing 26. september 2024. Utgreiinga vil bli sendt på offentleg høyring før regjeringa tar stilling til videre oppfølging.

Organisasjonane har i krava sine løfta fram eldre si psykiske helse, einsemd blant eldre, behovet for satsing på habilitering og rehabilitering, ulike dagtilbod til eldre og at tilboda blir fylte med kulturelt og sosialt innhald, og bustadsituasjonen for eldre. Regjeringa har lagt fram Meld. St. 15 (2022–2023) Folkehelsemeldinga Nasjonal strategi for utjamning av sosiale helseforskjellar med den samla innsatsen til regjeringa for å fremme betre folkehelse og god livskvalitet i befolkninga, Meld. St. 23 (2022–2023) Opptrappingsplan for psykisk helse som viser innsatsen til regjeringa for alle aldersgrupper på heile det psykiske helsefeltet, og Meld. St. 24 (2022–2023) Fellesskap og meistring – Bu trygt som skal bidra til eit meir aldersvennleg samfunn, at fleire eldre kan leve aktive liv lenger og oppleve tryggleik ved å bu i eigen heim. Å bo heime vil ikkje være en løysning for alle og det vil framleis være et stort og aukande behov for heldøgns omsorgsplassar. Som oppfølging av Bo trygt heime-reforma foreslår regjeringa ei tilsegnsramme for investeringstilskotet til heildøgns omsorgsplassar på 3 250 mill. kroner i 2025, tilsvarande investeringstilskot til om lag 1 500 heildøgns omsorgsplassar, jf. omtale i Prop. 1 S (2024–2025) Helse- og omsorgsdepartementet. Det er og behov for fleire tiltak for å auke rekruttering av kompetent personell til dei kommunale helse- og omsorgstenestene. Som ein del av oppfølginga av Bo trygt heime-reforma foreslår derfor regjeringa å styrkje tiltaka Menn i helse og Jobbvinnar med totalt 12 mill. kroner i 2025 jf. omtale i Prop. 1 S (2024–2025) Helse- og omsorgsdepartementet. Regjeringa la i mars 2024 fram Meld. St. 9 (2023–2024) Nasjonal helse- og samhandlingsplan 2024–2027. Meldinga omtalar bl.a. viktigheita av det førebyggande arbeidet i helse- og omsorgstenesta, og følger opp områda habilitering, rehabilitering og meistring.

Regjeringa har styrka satsinga på Senteret for eit aldersvennleg Noreg til opplæring av dei kommunale og fylkeskommunale eldreråda for å bidra til betre opplæring av eldreråda. I 2024 er det gjennomført kurs i alle fylka for dei nye eldreråda etter kommune- og fylkestingsvala. Hensikten er å styrke stemma til eldre innbyggarar i lokalsamfunnet, medverknaden deira i demokratiske prosessar og styrke eldreperspektivet i kommunal planlegging og lokalpolitikk. Kursa har fått svært god tilbakemelding frå deltakarane og kommunane, som ser at eldreråda er blitt meir engasjert i fleire saker overfor kommunestyra og administrasjonen. Kursa skal vidareførast med tilbod til bl.a. leiare av råda og om dei fylkeskommunale råda si rolle.

Vidare har senteret ei viktig rolle i oppfølginga av Bu trygt heime-reforma gjennom Program for eit aldersvennleg Noreg 2030, bl.a. gjennom informasjon om bustadtilpassing, medverknad og frivillig arbeid. Viktige kanalar for deltaking er det nasjonale nettverket for aldersvennlige kommuner med over 230 kommunar og partnerskapsordningen kor om lag 30-40 ulike organisasjonar og verksemder er med. Sjå nærmare omtale i Prop. 1 S (2024–2025) Helse- og omsorgsdepartementet.

Organisasjonane har i møta med regjeringa fremma krav om styrkt kommuneøkonomi. Kommuneøkonomi er eit prioritert område for regjeringa, og i 2025 blir det foreslått ein vekst i dei frie inntektene til kommunesektoren på 6,8 mrd. kroner, sjå nærare omtale Prop. 1 S (2024–2025) Kommunal- og distriktsdepartementet.

Organisasjonane meiner bustøtta bør styrkast. Regjeringa meiner det er viktig med ei god bustøtteordning som gjer det enklare for husstandar med låge inntekter å behalde ein eigna bustad. I samband med revidert nasjonalbudsjett for 2024, blei bustøtta vesentleg styrkt gjennom ei rekkje tiltak som regjeringa foreslår å vidareføre i budsjettet for 2025. Bl.a. blei dei årlege buutgiftstaka auka med 4 000 kroner og berekninga av eigendelen er forenkla.

Organisasjonane har også fremma krav om styrking av Husbanken og auka bustadbygging. Regjeringa har i 2024 starta opp eit eldrebustadprogram, jf. Meld. St. 24 (2022–2023) Fellesskap og meistring – Bu trygt heime. Programmet skal bidra til at alle har tilgang til ein eigna bustad i et aldersvennleg bumiljø. Våren 2024 la regjeringa fram Meld. St. 13 (2023-2024) - Bustadmeldinga. Ein heilskapleg og aktiv bustadpolitikk for heile landet. Regjeringa vil at offentlege verkemiddel skal leggje til rette for framtidsretta oppgradering av eksisterande bustader og bygg, slik at dei i større grad er tilpassa ei aldrande befolkning. Regjeringa vil bl.a. fornye lån til oppgradering frå Husbanken og legg fram tiltak for å gjere eksisterande bustader betre eigna for eldre. Det er ikkje minst viktig i område der det blir bygd få nye bustader, og der det bur mange eldre. Regjeringa foreslår ei låneramme på 29 mrd. kroner i 2025. Låneramma går bl.a. til lån til å bygge livsløpsbustader og lån til oppgradering for å gjere bustaden meir tilgjengeleg.

Organisasjonane ønsker ei satsing på digital kompetanse for eldre. Regjeringa la i juni 2023 fram «Handlingsplan for auka inkludering i eit digitalt samfunn». Målet med handlingsplanen er å sikre at alle innbyggarar skal få likeverdige offentlege tenester, uavhengig av bakgrunn, språkkunnskapar eller alder. Handlingsplanen retter seg primært mot dei gruppene som opplever digitale barrierar og digitalt utanforskap. Det skal mellomanna etablerast eit betre samarbeid mellom offentlege verksemder, frivillige organisasjonar og næringslivet for å koordinere innsatsen for å hindre digitalt utanforskap. Regjeringa vil også sørge for at offentleg sektor tilbyr rettleiing i bruk av digitale løysingar til brukarar med ingen eller svake digitale ferdigheiter. Offentleg sektor har eit ansvar for å levere offentlege tenester til alle, også til dei som ikkje er digitale. Det blir foreslått løyvd 5 mill. kroner til Senteret for eit aldersvennleg Noreg for å styrkja digital inkludering og utvikla opplæringstilbod for eldre, i samarbeid med m.a. organisasjonane til pensjonistane, IKT-Noreg, KS og Frivillighet Norge, jf. omtale i Prop. 1 S (2023–2024) Helse- og omsorgsdepartementet. Regjeringa foreslår vidare ei løyving på 2 mill. kroner til ei tilskotsordning for å bidra til aldersvennleg frivilligheit og utvikling av lågterskel-møteplassar for eldre. Satsinga ses i samanheng med Bo trygt heime-reforma. Ordninga vil bli administrert av Norges Frivilligsentraler. Rådet for eit aldersvenleg Noreg har digital inkludering som satsingsområde, og vil bidra til meir bevisstheit og forslag til tiltak saman med IKT-Norge, frivilligheita og kommunane.

Regjeringa foreslår for 2025 at det blir løyva av 8 mill. kroner til tilskot til hjelpe- og rettleiingstilbod til innbyggarar med manglande eller låg digital kompetanse. Føremålet med ordninga er å bidra til at alle innbyggarar blir gitt høve til å bli digitalt kompetente til å kunne bruke digitale verktøy og tenester frå offentlege og private aktørar. Digitaliseringsdirektoratet forvaltar ordninga. Målet med driftstilskotet til Seniornett Norge er å styrkje aktivitetar retta mot målgruppa svake eller ikkje-brukarar av internett over 65 år over heile landet. Regjeringa foreslår eit driftstilskot på 5 mill. kroner for 2025. Dette inneber ei auke på 1,6 mill. kroner som følgje av stor etterspørsel etter kursa og rettleiingstilbodet til Seniornett Norge.

Regjeringa arbeider med tillitsreforma, og i samband med dette arbeidet blir også synspunkta til pensjonistorganisasjonane om reforma vurderte. Vi viser til omtale av arbeidet med tillitsreforma i arbeids- og velferdsforvaltninga og Arbeids- og velferdsetaten under programkategori 09.10 Administrasjon av arbeids- og velferdspolitikken, kap. 605, Rapportering, strategiar og tiltak for 2025.

6.7.4 Oppmodingsvedtak 25. februar 2021 nr. 686

Innleiing

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med handsaminga av Meld. St. 7 (2020–2021) En verden av muligheter – Internasjonal studentmobilitet i høyere utdanning, sjå Innst. 247 S (2020–2021).

Som hovudregel beheld studentar det pliktige medlemskapet i folketrygda om dei studerer mindre enn 12 månader i utlandet, eller om dei får støtte frå Lånekassa til studiar i utlandet. Dette gjeld ikkje dersom dei får seg deltidsjobb ved sidan av studiane. Hovudregelen er at medlemskapet i folketrygda stansar ved arbeid i utlandet, sjå folketrygdlova § 2-14 fjerde ledd første punktum. Den nedre grensa for kva som utgjer «arbeid» etter denne føresegna, er låg. Arbeidet må vere inntektsgivande, det vil seia at det må vere arbeid med sikte på å tene pengar, men utover dette er det i utgangspunktet ikkje noko krav til arbeidstid, stillingsprosent eller lønn.

Departementet har sett på moglegheita for å innføre eit unntak frå opphøyrsregelen for studentar i utlandet med deltidsjobb.

Om ein student beheld tilknytinga til folketrygda i samanheng med studiar og arbeid i utlandet, kjem an på fleire forhold, bl.a. om studenten studerer i eit land med eller utan avtale med betydning for trygdekoordinering.

Studentar i land med avtale med betydning for trygdekoordinering

Noregs folkerettslege forpliktingar set betraktelege grenser for rekkjevidda av ein slik mogleg unntaksregel. Noreg har inngått fleire avtalar med betyding for trygdekoordinering, for eksempel EØS-avtalen og ei rekke bilaterale trygdeavtalar. Det er også inngått ein plurilateral avtale som regulerer trygdekoordineringa med Storbritannia.

Avtalane har føresegner om lovval, og desse går ved motstrid framfor føresegnene i folketrygdlova, sjå folketrygdlova §§ 1-3 a og 1-3 b.

Arbeidstakarar skal etter desse avtalene som hovudregel vere trygdedekka i staten der dei arbeider. Dette gjeld også for norske studentar som har ein deltidsjobb ved sida av studiane i eit land innanfor EØS eller i eit anna avtaleland. Tall frå Lånekassa sine nettsider viser at dei fem mest populære landa for gradsstudentar i studieåret 2023–2024 var Danmark, Nederland, Polen, Storbritannia og USA. Dette er alle land som Noreg har avtale med betyding for trygdekoordinering med. For utvekslingsstudentar i studieåret 2023–2024 var dei fem mest populære landa Australia, Frankrike, Italia, Spania og USA. Også desse er land Noreg har avtale med. Endringar i reglane i folketrygdlova vil ikkje endre på lovvalet for studentar i avtaleland, og derfor heller ikkje på deira situasjon med omsyn til pliktig medlemskap.

Etter både EØS-avtalen og dei andre avtalane er det ei viss moglegheit til å be om unntak frå dei ordinære lovvalsreglane, slik at norske studentar i utlandet med deltidsjobb likevel kan vera omfatta av norsk trygdelovgiving. Det må då inngåast ein avtale om dette for den aktuelle studenten mellom trygdestyresmaktene i Noreg og trygdestyresmaktene i arbeidsstaten. Etter det departementet er kjent med, er det likevel slik at fleire land har ein restriktiv praksis med omsyn til å tillata slike unntak.

Studentar i land utan avtale med betyding for trygdekoordinering

Studentar i land utan avtale med betyding for trygdekoordinering mistar i utgangspunktet medlemskapet i folketrygda om dei kjem i arbeid i utlandet, og eventuelle endringar i folketrygdlova vil derfor kunne få noko å seia for denne gruppa. Innføring av ein unntaksregel for denne gruppa medfører likevel risiko for dobbel pliktig trygdedekning, og dermed plikter til begge land.

Personar som studerer ved universitet eller høgskule i utlandet, kan søkja om frivillig medlemskap i folketrygda. Dette gjeld også studentar med lån eller stipend frå Lånekassa som mister medlemskapet på grunn av arbeid. Det er eit absolutt og ufråvikeleg vilkår for å få innvilga frivillig medlemskap, at søkjaren har vore medlem i folketrygda i minst tre av dei siste fem kalenderåra før søknadstidspunktet. I tillegg må søkjaren ha nær tilknyting til det norske samfunnet. Studentar som skal opphalde seg i utlandet i samband med studiar i ein avgrensa periode, oppfyller som hovudregel dette tilknytingsvilkåret.

Frivillig medlemskap for studentar etter folketrygdlova § 2-8 første ledd bokstav b, har tidlegare vorte praktisert slik at studiane må vere hovudaktiviteten til studenten under utanlandsopphaldet, og at studenten normalt må studera på heiltid. Studentar som arbeider ved sidan av studiane, har vorte vurderte som arbeidstakarar og ikkje som studentar. Frå juni 2024 er Arbeids- og velferdsetatens praksis endra. Praksisendringa inneber at det ikkje lenger gjeld noko krav om studiebelastning eller progresjon for å vere omfatta av folketrygdlova § 2–8 første ledd bokstav b, og at deltidsarbeid ikkje lenger automatisk skal medføra at personen ikkje skal reknast som student.

Totalt sett vurderer departementet at moglegheitene for å behalda tilknytinga til folketrygda for norske studentar i utlandet etter den nemnde praksisendringa er gode, også dersom dei tek seg arbeid ved sida av studiane. Dersom pliktig medlemskap fell bort, vil dei fleste ha gode moglegheiter til å få innvilga frivillig medlemskap. Det er då opp til kvar enkelt, ut frå eigen situasjon, å vurdera om ein vil behalda tilknytinga til folketrygda. Det er ein viktig prinsipiell forskjell mellom det å ha høve til å velja å ha forpliktingar til to lands trygdeordningar, og det å vera lovpålagt å ha slike doble forpliktingar.

Med dette reknar departementet oppmodingsvedtaket som følgt opp.

6.8 Inkludering i samfunnet og gode levekår for dei mest vanskelegstilte

Det sosiale sikkerheitsnettet skal bidra til at alle får nødvendig hjelp til å kunne delta i arbeidslivet og på andre arenaer i samfunnet. Regjeringa vil ha eit samfunn med eit sterkt sikkerheitsnett, med velferdstenester for dei som treng det permanent eller i fasar av livet.

Trass i universelle velferdsordningar og ein godt utbygd velferdsstat, blir enkeltpersonar og familiar ramma av fattigdom og låginntekt. Å vekse opp i fattigdom aukar risikoen for å stå utanfor arbeidslivet og ha låginntekt som vaksen. Fattigdom skal reduserast, særleg fattigdom som rammar barnefamiliar.

Dei sosiale tenestene i arbeids- og velferdsforvaltninga er det nedre sikkerheitsnettet i velferdsordningane. Tenestene skal bidra til økonomisk og sosial tryggleik og fremme overgang til arbeid, sosial inkludering og aktiv deltaking i samfunnet.

Frivillige organisasjonar og sosiale entreprenørar bidrar på ulike måtar i arbeidet med å gi fleire ein sjanse til å komme i arbeid og aktivitet, og er eit viktig supplement til det offentlege velferdstilbodet.

Det er eit mål for regjeringa at personar med nedsett funksjonsevne skal kunne delta i arbeidslivet og samfunnet på lik linje med andre. Hjelpemiddel og tilrettelegging er viktige verkemiddel for å bidra til dette. Hjelpemiddel frå folketrygda er støttefunksjonar, og verkar saman med andre tilretteleggingsfunksjonar i skolen, arbeidslivet og dagleglivet for å tette gapet mellom isolasjon og deltaking.

6.8.1 Dei sosiale tenestene i NAV-kontoret og førebyggande sosialt arbeid

Kommunane har, gjennom ansvaret for dei sosiale tenestene i NAV-kontoret, ei sentral rolle i å fremme sosial og økonomisk tryggleik. Ansvaret omfattar både førebyggande sosialt arbeid og dei individuelle tenestene opplysning, råd og rettleiing, økonomisk stønad, midlertidig butilbod, individuell plan og kvalifiseringsprogram.

Arbeids- og velferdsdirektoratet er fagdirektoratet for dei kommunale sosiale tenestene og skal gjennom ulike tilretteleggande tiltak bidra til at kommunane varetar sitt ansvar for desse tenestene på ein god måte. Blant viktige verkemiddel i arbeidet til direktoratet er kompetansehevande tiltak og tilskotsmidlar til å utvikle dei sosiale tenestene. Statsforvaltarane er her ein viktig samarbeidspartnar.

Førebyggande sosialt arbeid

Sosiale tenester og sosialfagleg arbeid er viktig i eit heilskapleg tenestetilbod til personar som opplever sosiale problem, men også i arbeidet kommunane gjer for å førebygge at slike problem oppstår. Arbeids- og inkluderingsdepartementet har gitt Arbeids- og velferdsdirektoratet i oppdrag å gjennomføre eit program for førebyggande sosialt arbeid og heilskapleg førebyggande innsats lokalt. Eit overordna mål for programmet er å førebygge at folk fell utanfor og får sosiale problem, slik at færre blir ståande permanent utanfor arbeids- og samfunnslivet. Programmet skal bidra til meir merksemd rundt førebyggingsansvaret, og til at kommunar og NAV-kontor varetar dette ansvaret på ein betre måte. Arbeids- og velferdsdirektoratet har utarbeidd ein overordna plan som omfattar desse elementa: Kompetansehevande tiltak, arenaer for å utveksle erfaringar, tilskotsmidlar til forsøks- og utviklingsarbeid, tilrettelegging av statistikk og styringsdata, og nasjonale (samordna) forventningar om førebygging.

Direktoratet har i 2024 bl.a. gitt tilskotsmidlar til tolv NAV-kontor til utvikling av samarbeid med frivillige organisasjonar og sosiale entreprenørar for å førebygge utanforskap og sosial ekskludering. Statsforvaltarane i Troms og Finnmark, Trøndelag, Innlandet og Østfold, Buskerud, Oslo og Akershus skal delta i arbeidet med å utvikle programmet. Dei skal også delta i oppfølginga av NAV-kontor som får tilskotsmidlar og legge til rette for og følge opp læringsnettverk for kontora.

Kvalifiseringsprogrammet

Kvalifiseringsprogrammet med tilhøyrande kvalifiseringsstønad er ei lovpålagd oppgåve for kommunane og ein rett for dei som oppfyller vilkåra i lova. Programmet er innretta mot personar mellom 18 og 67 år med vesentleg nedsett arbeids- og inntektsevne, og ingen eller svært avgrensa ytingar til livsopphald etter folketrygdlova eller arbeidsmarknadslova. Formålet med programmet er å bidra til at fleire i målgruppa kjem i arbeid.

Ved utgangen av 2023 var det i underkant av 7 400 deltakarar i kvalifiseringsprogrammet, ein auke frå om lag 6 800 ved utgangen av 2022.

Det går fram av rapportering frå Arbeids- og velferdsdirektoratet at det er stor variasjon i korleis NAV-kontora arbeider med kvalifiseringsprogrammet. Nokre vedvarande utfordringar er knytte til å identifisere og kartlegge moglege deltakarar, fylle eit fulltidsprogram og følgje opp deltakarane, forvaltninga av programmet i NAV-kontoret og prioritering av ressursar til arbeidet med programmet.

Arbeids- og velferdsdirektoratet har saman med statsforvaltarane gjennomført ei rekke kompetansehevande og andre tilretteleggjande tiltak overfor kommunane sidan programmet blei innført. Direktoratet har bl.a. dei siste åra utarbeidd verktøy for arbeidet med å kartlegge brukarar, identifisere deltakare og utarbeide mogleg innhald i programmet. Arbeidet med kompetansehevande og andre tilretteleggjande tiltak blir ført vidare i 2025.

Departementet har i tillegg starta eit arbeid med å gå gjennom erfaringar med programmet. Gjennomgangen tar utgangspunkt i eksisterande forsking og rapportering, og ser erfaringane med kvalifiseringsprogrammet i samanheng med dei samla verkemidla arbeids- og velferdsforvaltninga har for den aktuelle målgruppa. Departementet vil i lys av gjennomgangen vurdere om det er nødvendig å gjere endringar.

Økonomisk sosialhjelp

Kommunane har ei plikt til å stille vilkår om aktivitet til sosialhjelpsmottakarar under 30 år. Det inneber også å stille vilkår om norskopplæring for sosialhjelpsmottakarar dersom manglande norskkunnskap er årsaka til at dei ikkje er sjølvhjelpne. I ei evaluering av aktivitetsplikta17 blir det trekt fram at aktivitetsplikta bidrar til betre opplæring av brukargruppa, men ein generell og betydeleg mangel er at få NAV-kontor evnar å gi meiningsfull og veleigna aktivitet til heile breidda av ei samansett gruppe. Oslo Economics har på oppdrag frå Arbeids- og velferdsdirektoratet kartlagt kva typar tiltak og aktivitetar kommunane tilbyr sosialhjelpsmottakarane.18

Kartlegginga viser at det er stor variasjon i aktivitetane og tiltaka kommunane tilbyr.Vidare tydar kartlegginga på at kommunane ofte bruker statlege arbeidsmarknadstiltak framfor kommunale tiltak. Det kommunale aktivitetstilbodet omfattar tre hovudkategoriar: Breie og generelle aktivitetstiltak som dei aller fleste i målgruppa får tilbod om, ulike kommunale tiltak som ofte er retta mot ein mindre del av målgruppa, og oppfølging frå rettleiarar ved NAV-kontoret i form av hyppigare møter med kontoret eller oppmøte i kommunale lågterskeltiltak retta mot breie målgrupper.

Ifølge kartlegginga framstår aktivitetsplikta for mottakarar under 30 år som eit nyttig verkemiddel for NAV-kontoret i dei tilfella plikta er basert på god kunnskap om føresetnader og behov hos brukaren. Men det er fleire tilfelle der brukarar får sosialhjelp i mange år og deltar på ei rekke ulike tiltak og aktivitetar utan at dette ser ut til å bidra til endring i form av overgang til arbeid eller avklaring til andre ytingar. I slike tilfelle kan tiltak og aktivitetar likevel ha positive effektar; dei kan bidra til å gi ein følelse av fellesskap, struktur i kvardagen og meistring.

Direktoratet har i tildelingsbrevet for 2024 fått i oppdrag å vurdere og foreslå korleis ein kan arbeide vidare med å styrke kvaliteten i arbeidet med aktivitetsplikta for sosialhjelpsmottakarar under 30 år. Dette skal dei gjere med utgangspunkt i den nemnde kartlegginga.

Digital søknad om økonomisk sosialhjelp (DIGISOS) blei tilgjengeleg for kommunane våren 2020, og alle kommunane har no tatt i bruk løysinga.

I desember 2022 utarbeidde Arbeids- og velferdsdirektoratet ein ny rettleiar om økonomisk sosialhjelp som følge av prisauken på ei rekke varer og eit høgare rentenivå. Formålet med rettleiaren er å synleggjere det store handlingsrommet sosialtenestelova gir kommunane. Rettleiaren framhevar at NAV-kontoret skal vere spesielt merksam på forhold som har betydning for barn og unge og oppvekstvilkåra deira. Anbefalingane i rettleiaren ligg innanfor dagens regelverk og fråvik ikkje alminnelege forsvarlegvurderingar.

Arbeids- og velferdsdirektoratet har sendt ei spørjeundersøking til alle NAV-kontora om rettleiaren. Av dei kontora som svarte på undersøkinga, oppgav nær på alle at dei hadde tatt rettleiaren i bruk. Om lag 85 pst. vurderte rettleiaren som eit praktisk hjelpemiddel, og like mange meinte at han hadde bidratt til å synleggjere handlingsrommet i behandlinga av søknader om økonomisk sosialhjelp. Litt under halvparten svarte at rettleiaren i lita grad hadde ført til endringar i praksis. Fleire NAV-kontor svarte at praksisen deira var endra ved at barneperspektivet var blitt styrkt. Dei la større vekt på behova til barna og dei unge i familiane enn før. Av dei kontora som ikkje hadde tatt rettleiaren i bruk eller ikkje hadde endra praksis, svarte fleire at praksisen deira allereie var i tråd med rettleiaren.

I juni 2024 oppdaterte Arbeids- og velferdsdirektoratet rettleiaren for å gjere det tydelegare at utgifter til internett, telefon og moderate utgifter til transport skal inkluderast ved vurdering av søknader om økonomisk sosialhjelp der det er relevant. Sjå omtale under del I, punkt 4 Oppmodingsvedtak.

Utgiftene til økonomisk sosialhjelp i 2025 vil bli påverka av kor mange fordrivne frå Ukraina som blir busette i kommunane, kor raskt dei kjem i gang med introduksjonsprogram, og i kva grad dei kan vareta livsopphaldet sitt ved eigne midlar etter å ha avslutta introduksjonsprogrammet. Talet på fordrivne frå Ukraina som kjem til Noreg, vil også kunne påverke ressursbruken til kommunane ved at fleire treng opplysning, råd og rettleiing. Dette er ei kommunal teneste alle fordrivne frå Ukraina har rett til etter sosialtenestelova.

For å fortsette å ta imot fordrivne frå Ukraina på ein kontrollert måte, og sikre eit forsvarleg tenestetilbod i kommunane, har regjeringa komme med ein rekke forslag som skal bidra til å bringe innkomsttala til Noreg nærmare nivåa til nabolanda våre, jf. omtale under del III. Kommunane er kompenserte for anslåtte meirutgifter til økonomisk sosialhjelp av butidskrav på tolv månader for rett på eingongsstønad ved fødsel og adopsjon, jf. Prop. 1 S (2024–2025) for Kommunal- og distriktsdepartementet.

Forbruksforskningsinstituttet (SIFO) har på oppdrag frå departementet utarbeidd ein rapport om grunnlaget for dei statlege rettleiande satsane for økonomisk sosialhjelp. Oppdraget innebar å utarbeide eit kunnskapsgrunnlag for forsvarleg livsopphald, og inkluderte å fastsette beløp for ulike utgiftstypar, vurdere kva utgiftstypar som kan inngå i dei statlege rettleiande retningslinjene, og vurdere inndelinga av ulike brukarkategoriar. SIFO anbefaler at alle satsane blir auka, og at kategoriane blir endra slik at dei eldste barna får meir enn før. Utgreiinga vil inngå i vurderinga til departementet av om det er behov for å endre nivået på dei statlege rettleiande satsane eller måten å innrette satsane på. Rapporten må vurderast i ein breiare samanheng, der ein bl.a. vurderer korleis nivået på satsane kan påverke overgang til arbeid, og dessutan forholdet til andre ytingar. Departementet tar sikte på å komme tilbake til Stortinget med ei slik vurdering i Prop. 1 S for 2026.

Barn, unge og familiar

Barn er spesielt sårbare i vanskelege livssituasjonar, og det er viktig at behova deira blir varetatt i familien sitt møte med NAV-kontoret. Dette gjeld i samanheng med både dei kommunale sosiale tenestene og statlege tenester og ytingar. Arbeids- og velferdsdirektoratet har sett i gang utviklingsarbeid og tiltak for å vareta og styrke barne- og familieperspektivet i arbeids- og velferdsforvaltninga. Blant tiltaka er utvikling av kompetansemateriell til bruk i NAV-kontora. Det er også utarbeidd ein rettleiar for vurdering av barnets beste i arbeids- og velferdsforvaltninga.

Barne- og familiedepartementet leier ei kjernegruppe som koordinerer samarbeidet om utsette barn og unge mellom sektorområde og forvaltningsnivå. Arbeids- og inkluderingsdepartementet deltar i arbeidet, saman med Helse- og omsorgsdepartementet, Justis- og beredskapsdepartementet, Kommunal- og distriktsdepartementet, Kultur- og likestillingsdepartementet, Kunnskapsdepartementet og Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet.

Undersøkingar av og tilsyn med dei sosiale tenestene

Statsforvaltarane gjennomførte i 2022 og 2023 eit landsomfattande tilsyn med NAV-kontoret og ansvaret deira for å vareta behova til barna når familiar søker økonomisk sosialhjelp. Ved 58 av 68 undersøkte NAV-kontor blei det avdekt lovbrot. Lovbrota var i stor grad knytte til mangelfull kartlegging av behova til barna og manglande individuelle vurderingar av hjelpebehov og stønadsbeløp. Statsforvaltarane undersøkte også praksisen for oppfølging av familiar med barn. Dei fleste av NAV-kontora som blei undersøkte, gjennomførte ei form for oppfølging av familiar med barn, og det var få lovbrot i oppfølginga av familiane samanlikna med dei andre områda i tilsynet. Tilsynet til statsforvaltarane er samanfatta av Statens helsetilsyn i ein oppsummeringsrapport i 2024. Rapporten blir eit viktig bidrag i det vidare arbeidet med å ta vare på og styrke barneperspektivet i arbeids- og velferdsforvaltninga.

Universitetet i Stavanger (SHARE) har på oppdrag frå Helsetilsynet, og finansiert med midlar frå Arbeids- og inkluderingsdepartementet, følgt dette landsomfattande tilsynet. Formålet med forskingsprosjektet har vore å undersøke kva betydning tilsynet får for forbetringsarbeidet i dei sosiale tenestene i arbeids- og velferdsforvaltninga etter at statsforvaltarane har gjennomført systemrevisjonen og påpeika lovbrot. Undersøkinga viser at NAV-kontora har sett i verk fleire tiltak og aktivitetar, og har organisert og gjennomført endringar/forbetringar av eigen praksis etter det landsomfattande tilsynet.

6.8.2 Samarbeid med frivillig sektor og sosiale entreprenørar

Frivillige organisasjonar og sosiale entreprenørar yter viktige bidrag i arbeidet med å utvikle og ta i bruk nye løysingar på sosiale og samfunnsmessige problem og dermed supplerer det offentlege tilbodet.

Det blir lagt til rette for meir samarbeid mellom NAV-kontor og frivillig sektor og sosiale entreprenørar på ulike måtar. Arbeids- og velferdsdirektoratet utarbeider rettleiingsmateriell for NAV-kontora om samarbeid med denne typen aktørar, og gir tilskot til forsøk med effektkontraktar eller liknande modellar for innovasjon i dei sosiale tenestene. Sjå nærmare omtale under kap. 621, post 63.

Over kap. 621, post 70 blir det løyvd tilskot til frivillige organisasjonar og sosiale entreprenørar som utfører arbeid for sosialt og økonomisk vanskelegstilte. Tilskot til aktivisering og arbeidstrening og tilskot til sosialt entreprenørskap er blitt evaluerte eksternt. Departementet følger opp evalueringa saman med Arbeids- og velferdsdirektoratet. Over kap. 621, post 70 blir det løyvd tilskot til Samarbeidsforum mot fattigdom. Representantar frå Samarbeidsforum mot fattigdom deltar på møter i Kontaktutvalet mellom regjeringa og representantar for sosialt og økonomisk vanskelegstilte. Sjå nærmare omtale under kap. 621, post 70.

6.8.3 Tiltak mot fattigdom

2030-agendaen med berekraftsmåla er verdas felles arbeidsplan for å utrydde fattigdom, motverke ulikskap og stoppe klimaendringane innan 2030. Berekraftsmål 1 om å utrydde fattigdom blir følgt opp nasjonalt gjennom innsatsen for å redusere fattigdom og utjamne økonomiske og sosiale forskjellar. Den samla og tverrsektorielle innsatsen mot fattigdom og oppfølginga av berekraftsmål 1 er nærmare omtalt i del III i denne proposisjonen.

Regjeringa ønsker eit samfunn med små forskjellar. Fattigdom skal reduserast, særleg fattigdom som rammar barnefamiliar. Regjeringa vil føre ein politikk som reduserer dei økonomiske, sosiale og geografiske forskjellane i samfunnet. Dei viktigaste grepa for å jamne ut forskjellar og redusere fattigdom er å inkludere fleire i arbeid, gode velferdsordningar og meir rettferdig og omfordelande skatt.

Manglande tilknyting til arbeidslivet er ei viktig årsak til fattigdom og låg inntekt. Deltaking i arbeidslivet gir enkeltmenneske eit sjølvstendig økonomisk livsgrunnlag, sosial tilhøyrsel og fellesskap. Høg sysselsetting er også avgjerande for den sosiale og økonomiske berekrafta i samfunnet. Innsatsen til regjeringa for ein velfungerande arbeidsmarknad (punkt 6.1), for eit sikkert og seriøst arbeidsliv (punkt 6.2) og for inkludering av utsette grupper i arbeidsmarknaden (punkt 6.4) er viktig for å førebygge og redusere fattigdom. Arbeids- og velferdsetaten forvaltar ei rekke verkemiddel som skal hjelpe dei som står utanfor arbeidslivet til å komme i arbeid, bl.a. arbeidsmarknadstiltak. Integreringslova og ungdomsgarantien i Arbeids- og velferdsetaten er også verkemiddel som skal bidra til at utsette grupper blir inkluderte i arbeidsmarknaden. Regjeringa har nyleg lagt fram Meld. St. 33 (2023–2024) En forsterket arbeidslinje. Regjeringa foreslår nye tiltak for å vidareutvikle og styrke innsatsen overfor unge, sjå omtale under punkt 6.4 God inkludering av utsette grupper i arbeidsmarknaden.

Skattesystemet bidrar til omfordeling gjennom finansiering av offentlege tenester og overføringar. Regjeringa har dei siste åra redusert inntektsskatten for dei med inntekter under 750 000 kroner, og inntektsskatten er redusert mest for dei med dei lågaste inntektene.

Offentlege og universelle velferdsordningar som barnehage, skole og helse- og omsorgstenester bidrar til like moglegheiter og til å redusere forskjellar i levekår. Velferdstenestene skal bidra til at alle får nødvendig bistand, slik at dei kan delta i arbeidslivet og på andre arenaer i samfunnet. Stønadsordningane frå folketrygda gir inntekt ved sjukdom, arbeidsløyse, uførleik, tap av forsørgar og høg alder. Sjå omtale under punkt 6.6 Inntektssikringsordningar som gir økonomisk tryggleik og samtidig stimulerer til arbeid.

Dei fleste barn i Noreg veks opp i ein familie med gode økonomiske kår. Samtidig er det barn og familiar som fell utanfor sosiale fellesskap på grunn av låg inntekt og dårlege levekår. I treårsperioden 2020–2022 tilhøyrde 10,6 pst. av alle barn eit hushald med vedvarande låginntekt. Sjå nærmare omtale i del I, punkt 3.5 Utviklinga for låginntektsgrupper.

Like muligheter i oppveksten – Samarbeidsstrategi for barn og ungdom i lavinntektsfamilier (2020–2023), som Solberg-regjeringa la fram hausten 2020, er følgt opp i strategiperioden og er ført vidare i 2024.

Regjeringa skal legge fram ei stortingsmelding om sosial mobilitet og sosial utjamning retta mot barn og unge og familiane deira våren 2025. Formålet med meldinga er å forsterke politikken for å redusere sosiale forskjellar og motverke at dårlege levekår går i arv. Meldinga skal bl.a. sjå på betydninga av dei første leveåra til barnet, inkludert svangerskapet, og overgangar frå barndom til ungdoms- og vaksenliv, utdanning og arbeid. Stortingsmeldinga skal følge opp to ekspertgrupperapportar: En barndom for livet – Økt tilhørighet, mestring og læring for barn i fattige familier, og Et jevnere utdanningsløp – Barnehage og skole/SFO som innsats mot ulikhet blant barn. Meldingsarbeidet er eit samarbeid mellom Arbeids- og inkluderingsdepartementet, Kunnskapsdepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet, Barne- og familiedepartementet og Kultur- og likestillingsdepartementet. Arbeidet vil bli sett i samanheng med samfunnsoppdraget om å inkludere fleire barn og unge i utdanning, arbeids- og samfunnsliv. Forsking, innovasjon og utprøving av tiltak er viktige element i samfunnsoppdraget. Sjå nærmare omtale i Prop. 1 S (2024–2025) for Barne- og familiedepartementet.

Det er høg førekomst av låginntekt blant innvandrarar med flyktningbakgrunn. Mange nykomne flyktningar har ei svak tilknyting til arbeidsmarknaden. Nokre innvandrargrupper har låg inntekt også etter å ha budd lenge i Noreg. Integreringslova av 1. januar 2021 legg til rette for at fleire nykomne flyktningar kan ta formell utdanning innanfor ramma av introduksjonsprogrammet, og lova stiller tydelegare krav til norskkunnskapar. Kvalifisering, utdanning og arbeid er viktige innsatsområde. Auka sysselsetting og deltaking på andre samfunnsarenaer vil betre levekåra og redusere utanforskap blant innvandrarar. Når det gjeld flyktningane frå Ukraina, vedtok Stortinget i juni 2022 midlertidige endringar i fleire lover. Endringane skal bidra til å gjere det enklare for kommunane å busette raskt og til at kommunar og fylkeskommunar kan handtere situasjonen og tilpasse tenestetilbodet sitt. Regjeringa la våren 2024 fram Meld. St. 17 (2023–2024) Om integreringspolitikken: Stille krav og stille opp. Målet er at fleire innvandrarar skal få ei stabil tilknyting til det seriøse arbeidslivet og at fleire skal delta i små og store fellesskap. Regjeringa satsar vidare på tilskotsordninga Jobbsjansen slik at fleire kvinner med innvandrarbakgrunn kan få kvalifisering for å komme ut i arbeid. Sjå også punkt 6.5 God integrering av innvandrarar i arbeid og samfunn.

Regjeringa har også lagt fram Meld. St. 28 (2022–2023) Gode bysamfunn med små skilnader. I enkelte byar og område med konsentrasjon av levekårsutfordringar har staten og kommunane eit avtalebasert samarbeid om ein felles ekstra innsats. Områdesatsingane er eit verkemiddel for å bidra til inkludering og likeverdige levekår i utsette byområde.

Kommunane har gjennom ansvaret for barnehagar, skole og grunnleggande velferdstenester ei sentral rolle i å førebygge fattigdom. Frivillige organisasjonar og sosiale entreprenørar yter også viktige bidrag for å skape eit inkluderande samfunn og hindre utanforskap.

6.8.4 Hjelpemiddel

Hjelpemiddel bidrar til at folk i størst mogleg grad blir sette i stand til å klare seg sjølve. Det gjer at menneske med funksjonshindringar kan leve eit godt liv der dei kan meistre, delta og vere aktive i arbeids- og samfunnsliv. Yrkesdeltakinga er relativt låg blant personar med nedsett funksjonsevne. Den demografiske utviklinga tilseier at det framover kjem til å bli stadig færre i yrkesaktiv alder. I lys av dette vil det bli desto viktigare med hjelpemiddel, tilpassingar og tiltak som bidrar til at flest mogleg personar med funksjonshindringar kan gjennomføre utdanning og delta i arbeid. Vi viser til Meld. St. 33 (2023–2024) En forsterket arbeidslinje – fleire i jobb og færre på trygd, som regjeringa la fram i september, og omtale under punkt 5.3 om tilrettelegging i arbeidslivet. For å legge til rette for at også personar som får uføretrygd i større grad kan ta arbeid, vil regjeringa framover vurdere å utvide retten til hjelpemiddel i arbeidslivet for uføretrygda. Sjå nærmare omtale i arbeidsmarknadsmeldinga.

Regjeringa si eldrereform, Bu trygt heime, blei lagt fram sommaren 2023, jf. Meld. St. 24 (2022–2023) Fellesskap og meistring – Bu trygt heime. Utgangspunktet for meldinga er den demografiske utviklinga og utfordringane og moglegheitene som følger av denne samfunnsendringa. Det overordna målet er å skape eit meir aldersvennleg samfunn prega av inkludering, tryggleik og fellesskap. Som ei oppfølging av stortingsmeldinga har Arbeids- og inkluderingsdepartementet gitt Arbeids- og velferdsdirektoratet i oppdrag å delta i arbeidet med Eldrebustadprogrammet. Eldrebustadprogrammet er leidd av Husbanken og skal stimulere til at fleire eldre tar ansvar for, og blir meir bevisste på, sin eigen bustadsituasjon. Arbeids- og velferdsetaten formidlar bustadhjelpemiddel som saman med andre tiltak for tilpassing av bustad kan gjere det enklare for eldre å bu heime lenger. Sjå også omtale i budsjettproposisjonen for Helse- og omsorgsdepartementet.

Kortare leveringstid for spesialtilpassa kassebilar

Personar som ikkje er i stand til å komme seg inn og ut av bilen på eiga hand, utan å bruke heis eller rampe, kan få rente- og avdragsfritt lån til spesialtilpassa bil frå folketrygda. Dette gjeld også personar med sterkt avgrensa gangfunksjon eller personar som er utagerande, og som må skjermast frå førarmiljøet i bilen av omsyn til trafikksikkerheita. Desse personane er avhengige av spesialtilpassa bil for å komme seg til arbeid og for å gjennomføre oppgåver i dagleglivet. Det er derfor viktig at leveringstida for slike bilar er så kort som mogleg.

I dag bestiller Arbeids- og velferdsetaten bil først etter at det er gjort vedtak om stønad til bil. Etter at bilen er bestilt, følger ein lang og tidkrevjande prosess før han kjem til Noreg. Dersom det er ledige produksjonsplassar og det ikkje er forseinkingar på levering av ekstrautstyr, er den estimerte leveringstida litt under seks månader. Ved mangel på kapasitet hos produsenten og lang leveringstid på delar og ekstrautstyr er leveringstida mykje lengre, i ein del tilfelle over eitt år. Ved modellskifte hos produsenten kan det i tillegg oppstå periodar der etaten ikkje får bestilt bilar.

Når bilen har komme til Noreg, må han tilpassast dei individuelle behova til stønadsmottakaren. Tilpassinga blir gjort hos ein ekstern ombyggar og kan vere komplisert og tidkrevjande. I dag er den totale leveringstida for spesialtilpassa kassebilar om lag 15–22 månader.

Regjeringa foreslår å legge om bilstønadsordninga slik at Arbeids- og velferdsetaten førehandsbestiller bilar. Da kan ombygginga av ein bil starte kort tid etter at det er gjort vedtak om stønad til bil. Dette kan redusere leveringstida med seks til tolv månader. Ei slik endring vil redusere sannsynet for at personar som treng spesialtilpassa bil, blir ståande utan bil over lengre tid. Endringane følger opp Stortingets oppmodingsvedtak nr. 438 og 439, 4. januar 2024.

I dag kan stønadsmottakarane sjølve betale for oppgraderingar av bilen som blir gjorde på produksjonsstadiet, og som ikkje har med den nedsette funksjonsevna å gjere, for eksempel ein annan lakktype, ein spesiell farge, navigasjon, firehjulstrekk, ekstra skyvedør, elektriske dører og diverse tillegg. Med ei ordning der bilane blir bestilte utan at bestillingane er knytte til konkrete stønadsmottakarar, vil det ikkje vere mogleg å få slike oppgraderingar etter individuelle ønske. I staden vil bilane bli bestilte med eit standardisert sett tilpassingar.

Lang leveringstid for spesialtilpassa kassebilar inneber i dag store ulemper for brukarane. For dei fleste brukarane vil sannsynlegvis ein reduksjon i leveringstida på seks–tolv månader ha langt større fordelar enn ulempene knytte til ein noko redusert valfridom.

Nokre brukarar vil truleg uansett ikkje kunne få behova sine dekte fullt ut ved ombygging av ein førehandsbestilt bil. I desse tilfella vil Arbeids- og velferdsetaten framleis måtte bestille bilane etter at det er gjort vedtak om stønad. Dette vil også kunne vere aktuelt for brukarar som av andre grunnar ikkje ønsker ein førehandsbestilt bil, men vil bestille ein bil med spesielle oppgraderingar.

For at førehandsbestilling av bilar skal ha den ønskte effekten, må dei bestilte bilane kunne tilpassast ut frå dei fleste av behova til brukarane. Arbeids- og velferdsetaten vil derfor kartlegge kva for tilpassingar dei bestilte bilane skal ha for at behova til brukargruppa skal bli dekte i størst mogleg grad. Vidare må Arbeids- og velferdsetaten gjere systemendringar for å kunne legge om ordninga. Endringane vil føre til auka utgifter for Arbeids- og velferdsetaten, sjå programkategori 09.10 for nærmare omtale. Arbeids- og velferdsetaten kan begynne å bestille bilar etter den nye ordninga i 2026.

Evaluering av brillestøtte til barn

Regjeringen innførte ei ny ordning med brillestøtte til barn som treng ordinær korrigering av synet av ulike årsaker frå 1. august 2022. Eit oppdrag om å evaluere ordninga, og dei to andre ordningane med støtte til briller til barn, blei lyst ut i juni 2023. Oslo Economics fekk tildelt oppdraget og leverte evalueringsrapporten Kartlegging og evaluering av brillestøtteordninger til barn i mai 2024. Evalueringa er ei oppfølging av oppmodningsvedtak nr. 1342, 18. juni 2021 om å evaluere brillestøtteordningane, jf. Kapittel 4 Oppmodningsvedtak.

Det er i dag tre ulike ordningar med brillestøtte til barn. Det er ei ordning med briller til barn som har fått synsevna varig og vesentleg nedsett på grunn av sjukdom, skade eller lyte. Denne kallar Oslo Economics for ordning A i rapporten sin. Vidare er det ei ordning med briller til behandling og/eller førebygging av amblyopi, kalla ordning B i rapporten frå Oslo Economics. Den siste ordninga er den nye ordninga med briller til barn som har behov for ordinær korrigering av synet, kalla ordning C i rapporten. Oslo Economics har kartlagt og evaluert dei tre ordningane, samspelet mellom ordningane, regelverk, brukarar og forvaltninga av ordningane.

Oslo Economics sin rapport viser at dei viktigaste formidlingsmiljøa har god kjennskap til ordningane, men at skoler og helsestasjonar ikkje nødvendigvis kjenner til ordningane. Foreldre med barn som ikkje oppsøker augelege eller optikar, blir derfor ikkje alltid gjorde kjende med ordningane. Ressursbruken i Arbeids- og velferdsetaten er særleg knytt til ordning A og B, der mange søknader blir behandla manuelt og krev optikarfagleg kompetanse. Ressursbruken er langt mindre i ordning C, der dei aller fleste sakene går gjennom direkteoppgjersløysinga. Vidare bidrar overlapp mellom ordning B og C til auka ressursbruk i forvaltninga. Oslo Economics anbefaler at ordning B og C blir knytte tettare saman med ei felles stønads- og oppgjersløysing. Vidare anbefaler dei å innføre fleire standardiserte satsar i ordning B og meir automatisk saksbehandling. Desse endringane vil gjere ordningane lettare for brukarene, og lettare å forvalte.

Rapporten viser vidare at det kan vere uklart for augelegar og optikarar når kriteria for å søke på høvesvis ordning A og B er oppfylte. Oslo Economics foreslår derfor å gjennomgå regelverket for ordning A for å sikre at det er forståeleg, og at det så godt som mogleg famnar barn med store og varige synsutfordringar.

Oslo Economics vurderar i rapporten dekninga av utgifter til briller, og kor treffsikker ordninga med brillestøtte til barn er (ordning C). Rapporten viser at stønadssatsane i den nye ordninga med briller til barn i stor grad dekker kostnadane for eit par rimelege og formålstenelege briller. Oslo Economics konkluderer med at det ikkje ser ut til å vere grunnlag for å anbefale ein auke av satsane utover den generelle prisstigninga.

Oslo Economics finn at målgruppene i hovudsak har tilgang til støtteordningane, men at enkelte grupper ikkje får dekt alle behova sine. I rapporten kjem dei med forslag til moglege endringar i ordning C dersom det er ønskeleg å forbetre ordninga ytterlegare. Det gjeld bl.a. å utvide ordning C til å dekke fleire briller per år, reparasjon, å inkludere eit fleirstyrketillegg og å vareta behovet for prisme i satsstrukturen. Departementet vil framover, i samråd med direktoratet, vurdere forslaga i rapporten frå Oslo Economics.

For nærmare omtale av hjelpemiddelforvaltninga og igangverande arbeid for å betre hjelpemiddeltenestene viser vi til programkategori 09.10. For nærmare omtale av hjelpemiddel frå folketrygda viser vi til programkategori 29.60.

Ny modell for kjøp av tolketenester frå frilanstolkar

Tolketenester til døvblinde og til personar som er døve eller har dårleg høyrsel, blir gitt både av fast tilsette og av frilans teiknspråktolkar. Arbeids- og velferdsdirektoratet har på sjølvstendig og generelt grunnlag komme fram til at det er behov for å sjå på andre modellar for anskaffing av tolketenester frå frilans teiknspråktolkar. Direktoratet er for tida i gang med å legge om til ein rammeavtale med ein eller fleire leverandørar. Ein ny modell vil mest sannsynleg kunne tre i kraft frå sommaren/hausten 2025. Endringa vil ha budsjettmessige konsekvensar. Sjå nærmare omtale under programkategori 29.60, og under programkategori 09.10, kap. 605, post 01.

Programkategori 09.00 Administrasjon

Utgifter under programkategori 09.00 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2023

Saldert budsjett 2024

Forslag 2025

Endring i pst.

600

Arbeids- og inkluderingsdepartementet

284 376

281 755

300 898

6,8

601

Utgreiingsverksemd, forsking m.m.

417 553

494 135

475 529

-3,8

Sum kategori 09.00

701 929

775 890

776 427

0,1

Utgifter under programkategori 09.00 fordelte på postgrupper

(i 1 000 kr)

Post-gr.

Nemning

Rekneskap 2023

Saldert budsjett 2024

Forslag 2025

Endring i pst.

01–29

Statens eigne driftsutgifter

382 549

446 475

441 768

-1,1

50–89

Overføringar til andre

319 380

329 415

334 659

1,6

Sum kategori 09.00

701 929

775 890

776 427

0,1

Kap. 600 Arbeids- og inkluderingsdepartementet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2023

Saldert budsjett 2024

Forslag 2025

01

Driftsutgifter

284 376

281 755

300 898

Sum kap. 600

284 376

281 755

300 898

  • Overført frå 2023 til 2024:

  • Post 01: 5 335 000 kroner

Oppgåvene og prioriteringane til Arbeids- og inkluderingsdepartementet følger av politikken som blir utforma, og dei måla som er fastsette for arbeids-, velferds- og integreringspolitikken.

Hovudoppgåva til administrasjonen er å legge til rette for ein kunnskapsbasert, samordna og heilskapleg politikk på ansvarsområda til departementet. Departementet skal vere eit utviklingsorientert og effektivt fagleg sekretariat for den politiske leiinga. Det skal vere ein tydeleg og føreseieleg etatsstyrar og forvaltar av gjeldande lover og anna regelverk.

Rapport 2023

Per 31. desember 2023 var det 242 tilsette. Kvinneandelen var på 71,5 pst. Vi viser til omtale av kjønnsfordeling for dei ulike stillingskategoriene i del III, punkt 9 Likestilling og mangfald.

Rekneskapen for 2023 under kap. 600, post 01 viste eit forbruk på 284,4 mill. kroner. Midlane er nytta til å dekke dei ordinære driftsutgiftene til departementet. Av den totale rekneskapen blei 232,8 mill. kroner nytta til å dekke lønn og sosiale kostnader og 51,6 mill. kroner til å dekke andre driftskostnader.

Budsjettforslag 2025

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga dekker dei ordinære driftsutgiftene som er nødvendige for at departementet skal kunne vareta oppgåvene sine. Dei største driftsutgiftene er knytte til lønn, husleige og tenesteavtalar med Tryggings- og serviceorganisasjonen til departementa.

I revidert nasjonalbudsjett for 2024 blei løyvinga auka med 5 mill. kroner for å styrke kapasiteten på sentrale fagområde, samtidig som aktiviteten og den løpande drifta av departementet blir ivaretatt. Dette vil også gjelde framover. Løyvinga er foreslått auka med 5 mill. kroner.

Statsbygg har inngått ny husleigeavtale for Akersgata 64 gjeldande frå 2024. Den nye avtalen gjer at kvadratmeterprisen aukar vesentleg. I tillegg kjem høgare kostnader knytte til fjernvarme og eigedomsskatt og høgare kostnader knytte til drifta av bygget. Løyvinga er bl.a. av den grunn foreslått auka med 4 mill. kroner.

Løyvinga er foreslått auka med 1,9 mill. kroner for å dekke auka utgifter til lisens- og supportkostnader knytte til Nasjonalt avgrensa nett (NBN).

Løyvinga er foreslått redusert med 135 000 kroner i samanheng med at SoMe-tenesta ikkje lenger skal betalast etter faktura, men av Departementenes digitaliseringsorganisasjon. Løyvinga under Digitaliserings- og forvaltningsdepartementets kap. 1515 Digitaliseringsorganisasjonen til departementa, post 01 Driftsutgifter, er foreslått auka tilsvarande.

For 2025 er det foreslått ei løyving på 300,9 mill. kroner.

Kap. 601 Utgreiingsverksemd, forsking m.m.

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2023

Saldert budsjett 2024

Forslag 2025

21

Spesielle driftsutgifter, kan overførast

60 296

121 430

96 045

22

Kunnskapsutvikling i IA-avtalen m.m., kan overførast

25 439

28 200

29 165

23

Tiltak for redusert deltid og auka heiltidsandel

12 438

15 090

15 660

50

Noregs forskingsråd

195 115

172 650

70

Tilskot

33 787

60 815

65 125

71

Tilskot til bransjeprogram under IA-avtalen m.m., kan overførast

67 493

71 495

71 850

72

Tilskot til Kunnskapssenter for lengre arbeidsliv

17 700

18 830

19 545

73

Tilskot til trygderettsleg/EØS-rettsleg forsking og kompetanseutvikling

5 285

5 625

5 839

74

Tilskot til Noregs forskingsråd, kan overførast

172 300

Sum kap. 601

417 553

494 135

475 529

  • Overført frå 2023 til 2024:

  • Post 21: 24 339 000 kroner

  • Post 22: 23 339 000 kroner

  • Post 23: 2 091 000 kroner

Allmenn omtale

Dei overordna måla regjeringa har for norsk forsking og høgare utdanning, går fram av Meld. St. 5 (2022–2023) Langtidsplan for forskning og høyere utdanning 2023–2032. Departementet følger opp dei tematiske prioriteringane i langtidsplanen som gjeld sektoransvaret til departementet. Dette er i hovudsak omtalt under prioriteringane Tillit og fellesskap og Helse. Langtidsplanen er nærmare omtalt i del III, kap. 5, i Prop. 1 S (2024–2025) for Kunnskapsdepartementet.

Sektorprinsippet i norsk forskingspolitikk inneber at departementet har eit overordna ansvar for forsking innanfor sine ansvarsområde. Ansvaret inneber å bidra til forsking og kompetansebygging for sektoren og å sørge for forsking for politikkutvikling og forvaltning. Myndigheitene og forvaltninga utgjer ein stor del av eigen sektor og er viktige brukarar av forskingsresultata.

Arbeids- og inkluderingsdepartementet har eit samordnings- og pådrivaransvar for integreringspolitikken i Noreg. Det inneber at departementet skal bidra til å skaffe fram eit godt kunnskapsgrunnlag både i eigen sektor og på tvers av sektorar og departement.

Strategien til departementet er å utvikle eit godt kunnskapsgrunnlag for heile breidda i ansvarsområda sine og samtidig vareta prioriterte kunnskapsbehov med utgangspunkt i fastsette mål for arbeids-, integrerings- og velferdspolitikken. Kunnskapsutviklinga skal bidra til god forståing av korleis samfunnet, arbeidsmarknaden, arbeidslivet og integreringa utviklar seg, og dessutan bidra til treffsikker politikk og utvikling av gode og effektive tenester og tiltak i møte med store samfunnsutfordringar.

Departementet og dei ulike sektorane treng eit variert kunnskapsgrunnlag med god kvalitet for at det skal fungere som grunnlag for avgjerder og vegval. Nokre område er avhengige av føreseieleg og løpande statistikkproduksjon og årlege monitorar som analyserer utviklinga over tid. Andre område, for eksempel arbeidsmarknadstiltak, integreringstiltak og reguleringar i arbeidslivet, må jamleg evaluerast og vurderast med tanke på måloppnåing og effekt. Større samfunnsutfordringar og utviklingstrekk må møtast med langsiktig forsking basert på omfattande datagrunnlag og empiri. Eksempel er utfordringar og moglegheiter knytte til globalisering og migrasjon, endringar i demografi og teknologi, digitalisering og dessutan omstilling i norsk økonomi og arbeids- og næringsliv.

Departementet varetar sektoransvaret for forsking hovudsakleg gjennom fem verkemiddel/aktørar:

  • Noregs forskingsråd

  • Anskaffingar departementet gjer sjølv

  • Statens arbeidsmiljøinstitutt (STAMI)

  • Arbeids- og velferdsdirektoratet

  • Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi)

Tildelinga frå departementet til Noregs forskingsråd skal hovudsakleg bidra til langsiktig og målretta kompetanse- og kunnskapsoppbygging for sektoren. Vi viser til omtale av Noregs forskingsråd under kap. 601, post 74.

Anskaffingar departementet gjer sjølv av forsking og utgreiingar, har som hovudformål å gi departementet eit godt kunnskapsgrunnlag for politikkutvikling og forvaltning på kort og mellomlang sikt. Anskaffingane er ofte knytte til igangverande eller kommande utviklingsprosessar og til dagsaktuelle problemstillingar som krev relativt presise beskrivingar av kunnskapsbehov frå departementet si side. Vi viser til omtale under kap. 601, post 21.

Statens arbeidsmiljøinstitutt (STAMI) er det nasjonale forskingsinstituttet for arbeidsmiljø og arbeidshelse i Noreg. STAMI skal bl.a. få fram og formidle kunnskap om samanhengen mellom arbeid og helse. STAMI leverer kvalitetssikra fagkunnskap til bl.a. departementet, Arbeidstilsynet, Havindustritilsynet, bedriftshelsetenesta og partane i arbeidslivet. Vi viser til omtale av STAMI under kap. 643.

Midlar frå Arbeids- og velferdsdirektoratet til forsking og utgreiing er omtalte under kap. 605, post 22. Arbeids- og velferdsdirektoratet skal gjennom rolla si som rådgivar og fagleg premissleverandør for departementet arbeide for at eiga verksemd er kunnskapsbasert. Direktoratet skal som hovudregel ha ansvar for kunnskapsinnhenting knytt til verkemiddel, tenester og tiltak på områda til arbeids- og velferdsforvaltninga. Dette inneber både kjøp av forsking i marknaden og bruk av den utgreiings- og analysekompetansen direktoratet har sjølv. Direktoratets FoU-plan for NAV 2021–2025 gir retning for arbeidet.

Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi) er fagdirektorat med ansvar for å sette i verk integreringspolitikken til regjeringa og for kunnskapsutvikling på feltet saman med departementet. IMDi har som fagdirektorat særleg ansvar for å skaffe fram og formidle forskings- og utviklingsprosjekt, evalueringar og kunnskapsoppsummeringar om integrering og mangfald, som kan danne grunnlag for kunnskapsbasert politikkutvikling og ein opplyst offentleg debatt. Dette inneber både å kjøpe forsking i marknaden og å bruke den utgreiings- og analysekompetansen direktoratet har sjølv. Vi viser til omtale under kap. 670, post 21.

Departementet har sett inn verkemiddel for å styrke trygderettsleg/EØS-rettsleg forsking og kompetanseutvikling. Dette blir gjort både gjennom innsatsen i Noregs forskingsråd og gjennom ein samarbeidsavtale med dei juridiske fakulteta ved Universitetet i Oslo, Universitetet i Bergen og Universitetet i Tromsø. Det er etablert ei tilskotsordning øyremerkt desse fakulteta, sjå omtale under kap. 601, post 73 Tilskot til trygderettsleg/EØS-rettsleg forsking og kompetanseutvikling.

Deltaking i internasjonale organisasjonar er også ei kjelde til kunnskap for departementet. Departementet gir tilskot til internasjonale organisasjonar under kap. 601, post 70.

Departementet yter tilskot til Kunnskapssenter for lengre arbeidsliv, og av dette går ein andel til forskings- og utviklingsarbeid. Vi viser til omtale under kap. 601, post 72.

Utgifter til arbeid med kunnskapsutvikling i avtalen om eit meir inkluderande arbeidsliv (IA-avtalen), og dessutan tilskot til bransjeprogram og enkelte administrative utgifter knytte til oppfølging av avtalen, blir finansierte under kap. 601. Vi viser til omtale under postane 22 og 71.

Utgifter til ei treårig satsing knytt til søkbare midlar til forsøksprosjekt for å redusere deltid og auke heiltidsandelen blir finansierte under kap. 601. Vi viser til omtale under post 23.

Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast

Allmenn omtale

Posten finansierer anskaffingar av forsking og utgreiingsverksemd som departementet gjer sjølv. Hovudformålet med anskaffingane er å gi departementet eit godt kunnskapsgrunnlag for politikkutvikling og praksis. Posten dekker breidda av fagområdet til departementet, samtidig som det faglege fokuset varierer over tid avhengig av kva kunnskapsbehov departementet har, og kommande utviklingsprosessar. Posten finansierer hovudsakleg forsking og utviklingsprosjekt, evalueringar, kunnskapsoppsummeringar, statistikk og analysar, i tillegg til utvalsarbeid, informasjon og rettleiing og formidling av kunnskap. Årleg finansierer posten internasjonalt samarbeid om utvikling og utveksling av kunnskap. Det omfattar bl.a. samarbeid i regi av OECD, ILO og EU-kommisjonen.

Rapport

Nedanfor følger nokre eksempel på oppdrag som blei ferdigstilte i 2023–2024:

  • Områdegjennomgang av arbeidsmarkedstiltak – Delrapport 1: Kartlegging av kunnskap og praksis, Delrapport 2: Anbefalinger for effektiv og kunnskapsbasert bruk (Oslo Economics mfl., OE-rapport 2023:33 og 2023:88)

  • Evaluering av varig lønnstilskudd (Proba 2024:05)

  • Atypisk arbeid som hovedtilknytning i arbeidslivet 1995-2021 (Institutt for samfunnsforskning 2023:9)

  • Evaluering av dagens rett til utdanningspermisjon (Proba-rapport 2023:21)

  • Fokus på formell kvalifisering. En implementeringsstudie av nye områder og grep i integreringsloven (Fafo-rapport 2024:04)

  • Trøblete utenlandsopphold. Barn og unge voksne tilbakeholdt i utlandet: fenomenforståelse og oppfølging (ISF-rapport 4:2024)

  • Utredning av kunnskapsgrunnlaget for sosialhjelpssatser (SIFO-rapport 5-2024)

  • Arbeidsavklaringspenger – en sammenstilling og oppsummering av kunnskap på området (AFI-rapport 2024:11)

  • Yrkesdeltakelse, inntekt og trygd blant ansatte i stillinger med særaldersgrense (Frischsenteret – Rapport 1-2023)

Budsjettforslag 2025

Delar av midlane på posten blir sette av til å finansiere inngåtte avtalar og aktivitet som blir ført vidare i 2025. Ny aktivitet som skal finansierast over posten i 2025, blir planlagd hausten 2024.

Aktivitet som blir ført vidare, omfattar bl.a. innhenting av statistikk og analysar for å belyse status, utviklingstrekk og utfordringar på ansvarsområda til departementet, igangverande evalueringar, utvalsarbeid, forskingsavtalar, ramme- og samarbeidsavtalar og internasjonalt samarbeid om utvikling og utveksling av kunnskap.

Departementet har strategiske innsatsar som skal bidra til systematisk oppbygging og vedlikehald av kompetanse og kunnskap i forskingsmiljøa og i departementet. Dette inkluderer langsiktige forskingsavtalar som også gir rom for forskarinitierte problemstillingar og vinklingar. Tematiske innsatsområde som blir følgde opp i 2025, omhandlar utviklinga når det gjeld ulike tilknytingsformer i arbeidslivet, det kollektive arbeidslivet, pensjonssystemet, evalueringar av arbeidsmarknadstiltak og sivilsamfunnet sitt bidrag på integreringsfeltet.

Departementet fører vidare fleire avtalar med Statistisk sentralbyrå (SSB), irekna delfinansiering av forløpsdatabasen FD-Trygd og MOSART-modellen. FD-Trygd er ei viktig kjelde til data om arbeidsmarknadstilpassinga til målgrupper for arbeidsmarknadspolitikken og for trygdeforskinga. Departementet hentar inn kunnskap gjennom bruk og utvikling av MOSART-modellen bl.a. for å kunne vurdere langsiktige effektar av pensjonsreforma.

Vi viser til forslag om å opprette ein ny budsjettpost under Integrerings- og mangfaldsdirektoratet, jf. kap. 670 Integrerings- og mangfaldsdirektoratet, post 21 Spesielle driftsutgifter. Løyvinga under kap. 601, post 21 er foreslått redusert med 30 mill. kroner, mot ein tilsvarande auke under kap. 670 Integrerings- og mangfaldsdirektoratet, post 21 Spesielle driftsutgifter.

For 2025 er det foreslått ei løyving på 96 mill. kroner.

Post 22 Kunnskapsutvikling i IA-avtalen m.m., kan overførast

Allmenn omtale

Løyvinga på posten dekker utgifter til kunnskapsutvikling i IA-avtalen og dessutan enkelte andre utgifter knytte til oppfølging av avtalen. For nærmare informasjon om sjølve avtalen viser vi til omtale under punkt 6.3 Redusere sjukefråvær og fråfall frå arbeidslivet.

For at IA-avtalen skal bidra til å få ned sjukefråværet må innsatsen vere basert på kunnskap om kva for tiltak som har effekt. I gjeldande avtale er det einigheit om å satse på utvikling av betre data- og kunnskapsgrunnlag. Det skal i samanheng med det satsast på kunnskapsutvikling innanfor innsatsområda i avtalen og på kunnskap om tiltak på arbeidsplassen og om partssamarbeidet på arbeidsplassnivå. I tillegg er det peikt på behov for å utvikle eit betre data- og statistikkgrunnlag innanfor området for IA-avtalen.

Som ein del av IA-avtalen er det etablert bransjeprogram i sju bransjar. Tilskotsmidlar under ordninga blir løyvde under ein eigen post, kap. 601, post 71, mens midlar til å dekke utgifter til forvaltning av tilskotsordninga, kunnskapsutvikling og evaluering av bransjeprogramma blir løyvde under post 22.

Oppfølging av IA-avtalen inneber eit omfattande arbeid for både partane og myndigheitene. Delar av dei administrative utgiftene knytte til dette blir finansierte over løyvinga på denne posten, irekna utgifter til faggruppa og koordineringsgruppa for IA-avtalen og dessutan utgifter til utvikling av informasjonstiltak.

Rapport

Arbeids- og velferdsdirektoratet har eit sentralt ansvar for utvikling av FoU og statistikk innan områda for IA-avtalen. Arbeids- og velferdsdirektoratet har i 2024 fått tildelt 4 mill. kroner til drift av FoU-program og statistikkforum innan IA-avtalen og til leiing av sekretariatet for faggruppa.

Departementet har i 2024 tildelt 3 mill. kroner til Arbeids- og velferdsdirektoratet for å kunne sette i verk nye prosjekt i IA-FoU-programmet. Det er i sum gjennom IA-perioden 2019–2024 løyvd 72 mill. kroner til prosjekt i IA-FoU-programmet. IA-FoU-programmet skal bygge målretta, koordinert og heilskapleg kunnskapsgrunnlag for IA-avtalen. Dei prioriterte temaområda for programmet er førebyggande arbeidsmiljøarbeid og innsats mot lange og/eller hyppige gjentakande sjukefråvær. For nærmare informasjon om programmet og iverksette prosjekt viser vi til omtale av IA-FoU-programmet på nettsidene til Arbeids- og velferdsetaten.19

Departementet inngjekk i 2020 ein fleirårig avtale med Deloitte om evaluering av bransjeprogram som verkemiddel i IA-avtalen. Sluttrapporten frå evalueringa blei levert i desember 2023. Deloitte har også evaluert korleis partane følger opp opplæring i arbeidsmiljøarbeid. Evalueringsrapporten blei levert til departementet i april 2024. Vidare har STAMI fått tildelt midlar for å kartlegge arbeidsmiljøet i bransjar med bransjeprogram. Sluttrapporten frå kartlegginga vil vere klar i løpet av 2024. Arbeidstilsynet har forvaltningsansvar for oppfølging av tilskotsordninga for bransjeprogramma og fekk i 2024 tildelt 0,5 mill. kroner.

Arbeidet med kunnskapsutvikling under IA-avtalen, irekna arbeid med FoU-program, blir gjennomført i samarbeid mellom Arbeids- og velferdsetaten og STAMI. Det er også dialog med faggruppa i IA-avtalen og partane i arbeidslivet.

Partane i IA-avtalen har vurdert at det er behov for å utvikle heilskapleg informasjon og rettleiing om satsingane og verkemidla i IA-avtalen. Informasjon skal samlast inn og gjerast tilgjengeleg og kjend gjennom Idébanken. Arbeids- og velferdsdirektoratet har i 2024 fått tildelt 7 mill. kroner til dette formålet.

Partane i IA-avtalen har også vurdert at det er behov for å skape meir merksemd om IA-avtalen og dei tilhøyrande verkemidla gjennom regionale IA-konferansar. Hovudorganisasjonane i arbeidslivet står som arrangørar av konferansane. Arbeids- og velferdsdirektoratet, som administrerer utbetalinga av midlane til hovudorganisasjonane i arbeidslivet, har fått tildelt 4 mill. kroner til dette formålet i 2023 og 2024.

Budsjettforslag 2025

Myndigheitene og partane forhandlar hausten 2024 om ein eventuell ny IA-avtale, jf. omtale under punkt 6.3.2 Intensjonsavtalen om eit meir inkluderande arbeidsliv (IA-avtalen). I budsjettforslaget er det lagt til grunn at midlane på posten også i 2025 skal nyttast til satsinga i IA-avtalen på å skaffe fram eit betre data- og kunnskapsgrunnlag, til administrative utgifter som faggruppa og koordineringsgruppa har, og dessutan til utgifter til utviklinga av informasjonstiltak og støtte til regionale IA-konferansar.

I oppfølginga av IA-avtalen og i dialog med partane er det vidare lagt til grunn at det skal løyvast midlar over denne posten til felles kunnskapsutvikling og evaluering av bransjeprogramma og til forvaltning av tilskotsordninga. Løyvinga til tilskotsordninga for bransjeprogramma er omtalt under kap. 601, post 71.

For 2025 er det foreslått ei løyving på 29,2 mill. kroner.

Post 23 Tiltak for redusert deltid og auka heiltidsandel

Allmenn omtale

Det er viktig at verksemder legg til rette for heiltidsstillingar for tilsette som ønsker det. Løyvinga på posten dekker utgifter til ein heiltidspott, som inneber ei treårig satsing for perioden 2023–2025. Heiltidspotten omfattar ei ordning med søkbare midlar for å gjennomføre forsøksprosjekt for redusert bruk av deltid og auka bruk av heiltid.

Løyvingssandelen til den søkbare ordninga blir foreslått til 12,6 mill. kroner i 2025.

Det skal vidare gjennomførast følgeforsking på forsøka. Løyvingsandelen til følgeforskinga blir foreslått til 1,5 mill. kroner.

Arbeids- og velferdsdirektoratet administrerer ordninga, og kostnadene til administrasjon er berekna til 0,9 mill. kroner. Tildelinga av midlane skal skje i samarbeid med partane i arbeidslivet.

Budsjettforslag 2025

Løyvinga inneber søkbare midlar til gjennomføring av forsøksprosjekt for redusert bruk av deltid og auka bruk av heiltid, administrasjon av ordninga og dessutan midlar til følgeforsking på forsøka.

For 2025 er det foreslått ei løyving på 15,7 mill. kroner.

Post 50 Noregs forskingsråd

Ny budsjettmodell for Forskingsrådet er omtalt under kap. 601, post 74.

Rapport

Den generelle vurderinga til departementet er at Forskingsrådet innrettar innsatsen sin i tråd med dei føringane og sektorpolitiske prioriteringane som departementet har. Innsatsen inkluderer tiltak for å bygge forskingskapasitet på område som er strategisk viktige for departementet og sektoren, og der det er ønskeleg å få fram fleire og betre søknader.

Forskingsrådet rapporterer om gjennomgåande høg kvalitet og relevans i prosjekt som har fått midlar på sektorområdet til departementet. Avslutta prosjekt kan vise til resultat i form av bl.a. publisering på høgaste vitskaplege nivå, metodeutvikling, kompetanseoppbygging, etablering av samarbeid mellom forvaltning og FoU-miljø, formidlingsaktivitet, deltaking i offentlege utval og deltaking i samfunnsdebatten.

Arbeids- og velferdssektoren er svært aktiv som samarbeidspartnar i ulike typar prosjekt. Dette er positivt og i tråd med departementet sine forventingar om at Forskingsrådet skal bidra til brukarmedverknad der dette kan gi betre kvalitet og relevans i forskinga.

På oppdrag for Forskingsrådet er det utarbeidd to forenkla kunnskapsoppsummeringar på områda Arbeidsmiljø og arbeidshelse og Arbeids- og velferdstenestene, som grunnlag for det forskingsstrategiske arbeidet til departementet og for Forskingsrådets arbeid med vidare prioriteringar og utlysingar på områda.

Budsjettforslag 2025

Vi viser til forslag om å opprette ein ny budsjettpost for Noregs forskingsråd, jf. forslag under kap. 601, post 74 Tilskot til Noregs forskingsråd.

Post 70 Tilskot

Løyvinga dekker tilskot til institusjonar og organisasjonar på politikkområda til departementet og forpliktingane departementet har knytt til internasjonale avtalar. Store delar av løyvinga er bundne opp av internasjonale avtalar og driftstilskot til ulike organisasjonar.

Rapport

Av ei løyving på 34,4 mill. kroner er det utgiftsført 33,8 mill. kroner i 2023.

Om lag 89 pst. av den totale rekneskapen på posten knyter seg til dei internasjonale forpliktingane til departementet. Av desse gjeld dei to største deltaking i ESF+/EaSI-programmet og Det europeiske arbeidsmiljøinstituttet i Bilbao.

Institusjonar og organisasjonar som fekk tildelt midlar i 2023 var:

Mottakar/formål

Beløp

Rapportering

Sum internasjonale forpliktingar

29 967 000

Midlane er nytta til å dekke utgifter til EU-kontingentar, driftsstøtte til internasjonale organisasjonar mv.

Mental helse – drift av arbeidslivstelefonen

1 725 000

Tilskotet går til drift av arbeidslivstelefonen. Arbeidslivstelefonen er eit lågterskeltilbod med hovudvekt på svarteneste og rettleiing innan psykososiale problemstillingar og mellommenneskeleg rådgiving for enkeltpersonar som har utfordringar i arbeidslivet. Førespurnader kjem primært via telefon, men med ei dreiing over tid til meir bruk av e-post og chat. Frå 2022 til 2023 gjekk talet på oppringingar og svar på samtalar på telefon og chat opp med 24% etter ein liten nedgang året før, mens talet på førespurnader via e-post og sms auka med 28 pst.

Norsk Arbeidslivsforum

95 000

Norsk Arbeidslivsforum skal framme tverrfagleg utveksling av kunnskap, informasjon og forsking om arbeidslivsspørsmål. Tilskotet blir nytta til å styrkja aktivitetane i forumet.

Fair Play Bygg Norge

2 000 000

Formålet med tilskotet er å styrke bygg- og anleggsnæringa si eiga innsats mot useriøsitet og sosial dumping. Fair Play Bygg Norge er ein non-profit-organisasjon med styresamansetning frå partane på arbeidstakar- og arbeidsgivarsida. Organisasjonen har gjennom fleire år bidratt med informasjonsverksemd, tips til myndigheitene om useriøse aktørar og rettleiing til utsette grupper. Fair Play Bygg Norge fordelar i all hovudsak tilskotet frå Arbeids- og inkluderingsdepartementet til dei regionale avdelingane i organisasjonen.

Totalt rekneskapsført

33 787 000

Budsjettforslag 2025

Store delar av løyvinga blir nytta til å følge opp dei internasjonale forpliktingane departementet har. I norske kroner vil størrelsen på kontingenten til internasjonale forpliktingar variere noko frå år til år gjennom perioden, avhengig av aktiviteten og endringar i proporsjonalitetsfaktor og valutakurs.

Det blir gitt tilskot til Det europeiske arbeidsmiljøinstituttet i Bilbao som leverer fagleg, vitskapleg og økonomisk informasjon til EØS-land, Kommisjonen og andre avgjerdstakarar for å fremme betre arbeidsmiljø, helse og sikkerheit på arbeidsplassane.

For perioden 2021–2027 deltar Noreg i ein del av EU-programmet Det europeiske sosialfondet pluss (European Social Fund Plus ESF+). Den norske deltakinga er knytt til programmet sosialfondet har om sysselsetting og sosial innovasjon (ESF+/EaSI). Denne delen av sosialfondet dekker samarbeid på heile arbeids- og sosialområdet og bidrar til fleire møteplassar og samarbeidsarenaer der EU-politikk blir diskutert og utforma. Programmet gir tilgang til erfaringsutveksling og kunnskapsutvikling som kan bidra til utvikling av nasjonal politikk på arbeids- og sosialfeltet. God tilgang til informasjon om og god forståing av politikken til EU og dei enkelte medlemslanda er nødvendig for å kunne ha ein aktiv europapolitikk, særleg knytt til å forme ut og gjennomføre EØS-relevante rettsakter. Deltaking i programmet bidrar i tillegg til aktivitetar for dei europeiske paraplyorganisasjonane, særleg på det sosialpolitiske området, der norske frivillige organisasjonar er medlemmer. Deltakinga opnar for moglegheiter for prosjektmidlar innan forsking og utprøving av nye metodar.

Det er etablert eit europeisk arbeidsmarknadsbyrå, European Labour Authority (ELA), i EU, og kontingenten for norsk deltaking blir dekt under denne posten. ELA skal bidra til meir informasjon om arbeidsmarknaden for arbeidstakarar og verksemder, og styrke myndigheitssamarbeidet om grensekryssande arbeid. Det er ein viktig faktor i arbeidet med å få bukt med sosial dumping og arbeidslivskriminalitet.

Fleire europeiske samarbeidsarenaer der Noreg bidrar aktivt, ligg no under ELA. Det gjeld bl.a. plattforma mot svart arbeid og samarbeidet mellom dei europeiske arbeidsformidlingane (EURES) og samarbeidsarenaer for trygdekoordinering.

Andre tilskotsmottakarar knytte til internasjonale forpliktingar er:

  • EUROFOUND (kontingent)

  • Nordiska expertgruppen för kriteriedokument om kjemiska hälsorisker (driftsstøtte)

  • Grensetenesta i Morokulien (informasjonsteneste mellom Noreg og Sverige)

  • FN-sambandet (informasjonsverksemd om International Labour Organisation)

  • Nordens välfärdscenter (landkontingent)

Løyvinga blir også nytta til å gi støtte til ulike institusjonar og organisasjonar, og for 2025 blir det foreslått å gi tilskot til desse:

  • Mental helse (tilskot til drift av telefon for arbeidslivet)

  • Norsk arbeidslivsforum (driftstilskot)

  • Fair Play Bygg Norge

For 2025 er det foreslått ei løyving på 65,1 mill. kroner.

Post 71 Tilskot til bransjeprogram under IA-avtalen m.m., kan overførast

Som oppfølging av IA-avtalen 2019–2024 er det etablert sju bransjeprogram som skal støtte opp under måla for IA-avtalen om å redusere sjukefråvær og fråfall frå arbeidslivet.

Løyvinga på posten dekker tilskot til bransjeprogramma. Bransjetiltaka skal vere målretta og kunnskapsbaserte med formål om å redusere sjukefråvær og fråfall frå arbeidslivet. Tilskotet blir forvalta gjennom ei eiga tilskotsordning som Arbeidstilsynet administrerer.

Rapport

I tråd med forlenginga av IA-avtalen er bransjeprogramma forlengde ut 2024.

Deloitte gjennomførte ei evaluering av bransjeprogram som verkemiddel i IA-avtalen. Sluttrapporten frå evalueringa ble levert i desember 2023.

For nærmare informasjon om bransjeprogram viser vi til omtalen av IA-avtalen i del II, punkt 6.3 Redusere sjukefråvær og fråfall frå arbeidslivet.

Budsjettforslag 2025

Det er lagt til grunn at løyvinga skal nyttast til tilskot knytte til gjennomføring av bransjeprogramma under IA-avtalen etter nærmare vilkår fastsette i forskrift.

For 2025 er det foreslått ei løyving på 71,9 mill. kroner.

Post 72 Tilskot til Kunnskapssenter for lengre arbeidsliv

Det som tidlegare heitte Senter for seniorpolitikk (SSP), fekk nytt namn sommaren 2024: Kunnskapssenter for lengre arbeidsliv. Kunnskapssenter for lengre arbeidsliv er eit nasjonalt kompetansesenter som skal stimulere og bidra til å utvikle god seniorpolitikk i private og offentlege verksemder og til at fleire seniorar held fram i arbeid. Ein hovudstrategi er å synleggjere dei ressursane seniorane representerer i arbeidslivet. Verksemda til Kunnskapssenter for lengre arbeidsliv skal vere basert på fakta og relevant kunnskap.

Målgruppene for arbeidet til Kunnskapssenter for lengre arbeidsliv er verksemder i norsk arbeidsliv, seniorane sjølve, politiske myndigheiter, arbeidsgivar- og arbeidstakarorganisasjonar, arbeids- og velferdsforvaltninga og organisasjonslivet elles.

Kunnskapssenter for lengre arbeidsliv har sitt eige styre der arbeidslivsorganisasjonar er representerte. I alt er 29 organisasjonar tilslutta Kunnskapssenter for lengre arbeidsliv i 2024. Tilskotet går til dagleg drift av senteret, irekna informasjon og rådgiving, utvikling og formidling av kunnskap og til haldningsskapande arbeid.

Rapport

Kunnskapssenter for lengre arbeidsliv har eit høgt aktivitetsnivå, og senteret deltok på meir enn 110 arrangement hos verksemder og organisasjonar i 2023. Om lag halvparten av arrangementa har vore retta mot senior arbeidstakarar og resten mot tillitsvalde eller personal- og leiargrupper i verksemder og organisasjonar. Senteret jobbar kontinuerleg med å utvikle området for rådgiving og rettleiing, frå innlegg og foredrag til meir opplæring og prosessrettleiing i verksemder, kommunar og etatar. Dei ulike publikasjonane og arrangementa til Kunnskapssenter for lengre arbeidsliv bidrar til merksemd om seniorar i arbeidslivet og har fått dekning i ei rekke riksmedium, i ulike radio- og TV-program og på sosiale medium.

FoU er eit viktig grunnlag for arbeidet Kunnskapssenter for lengre arbeidsliv gjer med å gi norsk arbeids- og samfunnsliv meir kunnskap om kva som motverkar utstøyting, og kva som fremmar auka yrkesdeltaking blant seniorar. Det har vore høg aktivitet på FoU-området i heile 2023 og inn i 2024. Aktiviteten omfattar bl.a. fleire kartleggingsprosjekt om seniorane sin situasjon i ulike bransjar og yrke, der formålet er å bidra til ein betre seniorpolitikk. Eit prosjekt om vegar ut av arbeidslivet, seinkarrierar og yrkesavgang har undersøkt overgangen frå arbeidslivet til pensjonisttilværa, og korleis denne overgangen kan planleggast. Av funna kan nemnast at moglegheitene for ulike fleksible overgangsordningar kan bidra til at fleire jobbar lenger. Eit anna funn er at når seniorar ikkje har dialog med leiaren sin om overgangen, kan det framskunde avgjerda om å pensjonere seg.

Den årlege undersøkinga Norsk seniorpolitisk barometer, som måler oppfatningar av og haldningar til seniorar og seniorpolitiske spørsmål i arbeidslivet, er gjennomført i regi av Kunnskapssenter for lengre arbeidsliv sidan 2003. Barometeret for 2023 var konsentrert om å fange opp eventuelle endringar i haldningar til og oppfatningar om seniorpolitiske spørsmål blant leiarar i private verksemder og offentleg sektor. Resultata frå undersøkinga og andre nye forskingsresultat, blei presenterte på den årlege forskingskonferansen i november 2023.

Budsjettforslag 2025

Kunnskapssenter for lengre arbeidsliv har vedtatt ein ny strategiplan fram til 2030. Kunnskapssenter for lengre arbeidsliv skal framleis vere det sentrale kunnskapssenteret innanfor seniorpolitikk for partane i arbeidslivet og myndigheitene. Planen fører vidare hovudmål og satsingar frå den førre perioden. I planen heiter det at Kunnskapssenter for lengre arbeidsliv skal formidle forskingsbasert kunnskap og relevante erfaringar til norsk arbeidsliv. Senteret skal stimulere verksemder til å sette aldring og arbeid på dagsordenen, og dessutan utvikle strategiar for å auke yrkesdeltakinga blant dei eldste. Desse satsingsområda er prioriterte:

  • forskings- og utviklingsarbeid (FoU)

  • opplæring, rettleiing og samarbeid.

  • kommunikasjon og samfunnspåverknad

I 2025 vil senteret først og fremst rette innsatsen mot å synleggjere kva ressursar seniorane utgjer og kva utviklingsmoglegheiter dei har i arbeidslivet, å bidra til å utvikle eit inkluderande arbeidsliv og å arbeide for eit utvida samarbeid om seniorpolitikk mellom arbeidslivsorganisasjonane og mellom organisasjonane og myndigheitene. Eit sentralt mål for senteret i 2025 er å etablere nye samarbeidsprosjekt og å styrke formidlings- og kommunikasjonsarbeidet. I tillegg vil FoU framleis vere eit viktig grunnlag for arbeidet med å gi norsk arbeids- og samfunnsliv meir kunnskap om seniorane i arbeidslivet.

For 2025 er det foreslått ei løyving på 19,5 mill. kroner.

Post 73 Tilskot til trygderettsleg/EØS-rettsleg forsking og kompetanseutvikling

Posten omfattar tilskot til dei juridiske fakulteta ved Universitetet i Oslo (UiO), Universitetet i Bergen (UiB) og Universitetet i Tromsø (UiT). Formålet med tilskotet er å bidra til satsingane fakulteta gjer på trygderettsleg og EØS-rettsleg forsking og kompetanseutvikling.

Rapport

Tilskotet blei oppretta i samanheng med revidert nasjonalbudsjett for 2021, jf. Prop. 195 S (2020–2021) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2020 og Innst. 600 S (2020–2021). Tilskotsmottakarane leverte skriftleg rapport i mars 2024. Det er oppretta eit samarbeid mellom institusjonane om å tilby rettleiingsressursar for vitskaplege rekrutteringsstillingar. Vidare er det lyst ut stipendiatstillingar ved alle institusjonane og tildelt mastergradsstipend. Det er også oppretta eller vidareutvikla spesialemne i undervisninga som behandlar relevante problemstillingar innanfor trygderett og EØS-rett. Fakulteta arrangerer i samarbeid ein årleg konferanse for akademia og forvaltninga for å formidle og diskutere utviklinga innan trygderett og EØS-rett. Ved UiO og UiB er det med finansiering frå Forskingsrådet oppretta to forskingssenter som skal utvikle kunnskap om integrering av EØS-rett i norsk rett.

Budsjettforslag 2025

For 2025 er det foreslått ei løyving på 5,8 mill. kroner.

Post 74 Tilskot til Noregs forskingsråd, kan overførast

Noregs forskingsråd (Forskingsrådet) er eit forvaltningsorgan som er underlagt Kunnskapsdepartementet. Forskingsrådet har fem mål:

  • auka vitskapleg kvalitet

  • auka verdiskaping i næringslivet

  • å møte store samfunnsutfordringar

  • eit velfungerande forskingssystem

  • god rådgiving

Måla er felles for alle departementa. Kunnskapsdepartementet har ansvaret for å samordne styringssignala frå departementa, og har i samarbeid med departementa og Forskingsrådet utarbeidd systemet for departementa si styring av Forskingsrådet. Den samla måloppnåinga for verksemda er omtalt i budsjettproposisjonen for Kunnskapsdepartementet.

Forskingsrådet er eit viktig verkemiddel for å nå dei forskingspolitiske måla til regjeringa. Vi viser til Meld. St. 5 (2022–2023) Langtidsplan for forskning og høyere utdanning 2023–2032. Forskingsrådet har eit ansvar for å følge opp dei tematiske prioriteringane i langtidsplanen som gjeld sektoransvaret til departementet. Dette er i hovudsak omtalt under prioriteringane Tillit og fellesskap og Helse.

Arbeids- og inkluderingsdepartementet er ansvarleg for styringa av eigne midlar som blir kanaliserte gjennom Forskingsrådet. Tilsegnsramma for posten definerer kor mykje ny aktivitet som kan setjast i gang i budsjettåret. Nye tilsegner skal over tid resultere i forsking som reflekterer breidda i sektoransvaret for forsking, det vil seie forsking relatert til arbeidsmarknad, arbeidsmiljø, arbeidshelse og sikkerheit, integrering, økonomisk og sosial tryggleik, arbeids- og velferdstenestene og pensjon.

Innsatsen gjennom Forskingsrådet skal hovudsakleg bidra til langsiktig og målretta kompetanse- og kunnskapsoppbygging for sektoren, inkludert forsking til nytte for politikk- og tenesteutvikling og oppgåveløysinga til forvaltninga. Forskinga skal halde høg vitskapleg kvalitet og samtidig vere relevant for utfordringane og måla i sektoren, irekna problemstillingar som bør belysast gjennom sektorovergripande forsking.

Ny budsjettmodell for Noregs forskingsråd

Stortinget har slutta seg til at Forskingsrådet frå og med 2025 skal vere bruttobudsjettert med tilsegnsfullmakter, jf. Innst. 12 S (2023–2024). Nedanfor følger ein kort omtale av bakgrunnen for og hovudtrekka ved den nye budsjettmodellen.

Forskingsrådet er i dag ei nettobudsjettert verksemd med særskilde fullmakter til å overføre ubrukte midlar ved utgangen av eitt budsjettår til eit anna. Det har over fleire år bygd seg opp vesentlege avsetningar, og det er gjennomført fleire tiltak for å redusere avsetningane, jf. omtale i Prop. 1 S (2022–2023) for Kunnskapsdepartementet.

I 2022 blei det kjent at Forskingsrådet var i ein alvorleg økonomisk situasjon med negative avsetningar. Det blei gjennomført fleire tiltak for å handtere dei negative avsetningane, både på kort og lang sikt. Blant desse var ei heilskapleg vurdering av dagens budsjettmodell for Forskingsrådet og om andre budsjettmodellar kunne vere betre eigna for verksemda. Det har i dette arbeidet vore eit viktig prinsipp at Forskingsrådet har ein budsjettmodell som gir gode rammevilkår for effektiv oppgåveløysing og som tar omsyn til forskinga sin langsiktige karakter. Det har også vore viktig å ha ein modell som kan legge til rette for god økonomistyring og kontroll, og avkjere moglegheita for å bygge opp betydelege avsetningar.

Basert på gjennomgangen har regjeringa vurdert det som mest hensiktsmessig at Forskingsrådet blir bruttobudsjettert med tilsegnsfullmakter. Bruttobudsjettering er hovudregelen for budsjettering i staten, og dei fleste statlege forvaltningsorgan er bruttobudsjetterte. Bruttobudsjettering understøttar dei fire overordna prinsippa i Stortingets løyvingsreglement: Eittårsprinsippet, heilskapsprinsippet, kontantprinsippet og bruttoprinsippet. I tillegg til budsjetteringsmodellen, har det vore gjennomført tiltak for å forenkle finansieringsstrukturen gjennom færre budsjettkapittel- og postar i departementa sine løyvingar til Forskingsrådet. Dette har gitt betre oversikt over løyvingane.

Regjeringa vil i den nye budsjettmodellen i dei årlege budsjetta frå og med 2025-budsjettet fremme forslag om to beløp, eitt for løyving og eitt for tilsegnsfullmakt for kvart departement sine tilskotspostar til Forskingsrådet.

Forslaget til løyving er rekna ut med utgangspunkt i anslåtte kontante utbetalingar i det aktuelle budsjettåret. Løyvinga vil bestå av anslåtte utbetalingar av tidlegare gitte tilsegner og utbetaling av nye tilsegner gitt i det aktuelle budsjettåret. Beløpet for tilsegnsfullmakt angir samla beløp for tidlegare inngåtte forpliktingar og nye tilsegner som kjem til utbetaling etter det aktuelle budsjettåret.

For ein meir detaljert omtale av bakgrunnen for og hovudtrekka ved den nye budsjettmodellen, sjå kap. 10 i Kunnskapsdepartementets Prop. 1 S (2024–2025).

Rapport

Sjå rapport under kap. 601, post 50.

Budsjettforslag 2025

I ny budsjettmodell for Forskingsrådet skal kap. 601, post 74 erstatte kap. 601, post 50.

Løyvinga på posten skal dekke forventa utbetalingar i det gjeldande budsjettåret av tilsegner som Forskingsrådet allereie har inngått frå tidlegare år og av nye tilsegner som kjem til utbetaling i budsjettåret. For 2025 er det foreslått ei løyving på 172,3 mill. kroner på posten. Av dette er 4,7 mill. kroner til nye tilsegner som kjem til utbetaling i 2025 og 167,6 mill. kroner til å dekke tilsegner som er gitt tidlegare år, men som kjem til utbetaling i 2025.

Posten må budsjetterast med ei tilsegnsfullmakt fordi Forskingsrådet finansierer fleirårige forskingsprosjekt og treng fullmakt frå Stortinget til å kunne forplikte staten utover gjeldande budsjettår. Tilsegnsfullmakta skal vise statens uteståande forpliktingar på posten, det vil seie den delen av gitte tilsegner som enno ikkje er utbetalte, ved utgangen av budsjettåret. For 2025 er det foreslått ei tilsegnsfullmakt på 561 mill. kroner knytt til posten, jf. forslag til romartalsvedtak.

Tilsegnsramma for posten skal svare til summen av nye tilsegner som Forskingsrådet kan gi i budsjettåret. Det er tilsegnsramma som vil definere kor mykje ny aktivitet som kan settast i gang i budsjettåret, ikkje løyvinga. Regjeringas forslag til løyving og tilsegnsfullmakt gir ei tilsegnsramme for 2025 for posten på 192,1 mill. kroner.

Programkategori 09.10 Administrasjon av arbeids- og velferdspolitikken

Utgifter under programkategori 09.10 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2023

Saldert budsjett 2024

Forslag 2025

Endring i pst.

604

Utviklingstiltak i arbeids- og velferdsforvaltninga

227 891

429 079

444 900

3,7

605

Arbeids- og velferdsetaten

13 920 302

14 214 940

15 132 870

6,5

606

Trygderetten

114 155

120 530

120 760

0,2

Sum kategori 09.10

14 262 348

14 764 549

15 698 530

6,3

Utgifter under programkategori 09.10 fordelte på postgrupper

(i 1 000 kr)

Post-gr.

Nemning

Rekneskap 2023

Saldert budsjett 2024

Forslag 2025

Endring i pst.

01–29

Statens eigne driftsutgifter

13 826 195

14 140 145

15 402 315

8,9

30–49

Nybygg, anlegg o.a.

436 153

624 404

296 215

-52,6

Sum kategori 09.10

14 262 348

14 764 549

15 698 530

6,3

Kap. 604 Utviklingstiltak i arbeids- og velferdsforvaltninga

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2023

Saldert budsjett 2024

Forslag 2025

21

Spesielle driftsutgifter, kan overførast, kan nyttast under post 45

127 913

166 930

148 685

45

Større utstyrsanskaffingar og vedlikehald, kan overførast, kan nyttast under post 21

99 978

262 149

296 215

Sum kap. 604

227 891

429 079

444 900

  • Overført frå 2023 til 2024:

  • Post 21: 31 504 000 kroner

  • Post 45: 15 605 000 kroner

Allmenn omtale

Løyvinga dekker utgifter til særskilde utviklingstiltak i arbeids- og velferdsforvaltninga. For 2025 dekker løyvinga utgifter knytte til Prosjekt 4 i IKT-moderniseringa i Arbeids- og velferdsetaten.

Modernisering av IKT-systema til etaten har vore og er nødvendig for å skifte ut svært gamle system som ikkje tilfredsstiller krav til sikkerheit og brukarvennlege tenester. Systema fører også til unødvendig mykje manuell behandling i ytingsforvaltninga, og komplekse og gamle løysingar gjer det vanskeleg å implementere politiske reformer. Formålet med moderniseringa er å bidra til betre tenester for brukarane, ei einskapleg og effektiv arbeids- og velferdsforvaltning og betre tenester overfor offentlege og private samarbeidspartnarar.

Moderniseringa gir bl.a. auka automatisering av vedtaksbehandlinga, nye sjølvbeteningsløysingar for brukarane, digital samhandling med samarbeidspartnarar og betre integrasjon med viktige fellesløysingar i offentleg sektor. Dette vil bidra til betre kvalitet i ytingsforvaltninga og for dei arbeidsretta tenestene, raskare saksbehandling og redusert risiko for feilutbetalingar. Brukarane vil i stadig høgare grad oppleve at dei ikkje treng å gi opplysningar til forvaltninga meir enn éin gong. I moderniserte løysingar er nødvendig informasjonssikkerheit definert som eit absolutt krav.

Prosjekt 4 blei starta opp i 2021, jf. Stortingets vedtak om igangsetting av prosjektet i samanheng med behandlinga av Prop. 195 S (2020–2021). Prosjektet er opphavleg planlagt gjennomført i perioden 2021–2025 og skal legge til rette for å ta kritisk funksjonalitet ut av Arena og fase ut Abetal. Desse systema handterer i dag bl.a. vesentlege ytingsområde som dagpengar og arbeidsavklaringspengar. I prosjektet moderniserer etaten også tenesteytinga og forvaltninga av arbeidsmarknadstiltaka. Prosjekt 4 er eit stort og komplekst prosjekt med tydeleg risiko i gjennomføringa, ikkje minst når det gjeld å automatisere eit komplisert regelverk. Arbeids- og inkluderingsdepartementet følger prosjektet tett med omsyn til gjennomføring, risiko og nødvendige tiltak undervegs for å nå formålet med moderniseringsarbeidet.

I Prosjekt 4 er det så langt bl.a. lansert nye søknads- og innsynsløysingar for dagpenger, arbeidsavklaringspenger, tiltakspenger, ei løysing for digital utveksling av informasjon med tiltaksarrangørar og laga ny saksbehandlingsløysing for tilleggsstønaden tilsyn barn. Det er også utvikla ei nasjonal løysing for arbeidslivsenterane, slik at desse betre kan støtte verksemder som får tenester frå senterane. Det er også utvikla ei løysing som samlar kvalitetssikra informasjon om arbeidsmarknadstiltak på éin stad. Utfasinga av utbetalingsløysinga Abetal blei, som planlagt, gjennomført tidleg i 2023.

Prosjekt 4 følger prinsipp for smidig utvikling. Framdrifta og budsjettbehovet vil utvikle seg dynamisk undervegs. For 2024 er det anslått eit mindreforbruk samanlikna med totalløyvinga (inkludert overført beløp frå 2023) på om lag 175 mill. kroner. Over halvparten av beløpet består av uvisseavsetting i departementet. Elles utgjer årsaka til mindreforbruket lågare aktivitet enn planlagt i Arbeids- og velferdsetaten. Mindreforbruket i 2024 inneber berre ei forskyving av aktivitet frå 2024 til 2025. Kap. 604 er isolert sett foreslått auka med om lag 175 mill. kroner for 2025 som følge av dette. Det er vidare behov for å fortsette prosjektet i 2026, jf. prinsipp for smidig utvikling. Det inneber at midlane til prosjektet blir periodiserte på ein annan måte enn opphavleg planlagt.

Budsjettforslag 2025

For 2025 blir det foreslått ei løyving på 444,9 mill. kroner til Prosjekt 4 i IKT-moderniseringa i Arbeids- og velferdsetaten.

Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast, kan nyttast under post 45

For 2025 er det foreslått ei løyving på 148,7 mill. kroner.

Post 45 Større utstyrsanskaffingar og vedlikehald, kan overførast, kan nyttast under post 21

For 2025 er det foreslått ei løyving på 296,2 mill. kroner.

Kap. 605 Arbeids- og velferdsetaten

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2023

Saldert budsjett 2024

Forslag 2025

01

Driftsutgifter

13 493 255

13 792 750

15 061 160

21

Spesielle driftsutgifter

35 498

22

Forskings- og utgreiingsaktivitetar, kan overførast

55 374

59 935

71 710

45

Større utstyrsanskaffingar og vedlikehald, kan overførast

336 175

362 255

Sum kap. 605

13 920 302

14 214 940

15 132 870

  • Overført frå 2023 til 2024:

  • Post 01: 160 473 000 kroner

  • Post 22: 10 281 000 kroner

  • Post 45: 24 118 000 kroner

Allmenn omtale

Arbeids- og velferdsforvaltninga består av den statlege Arbeids- og velferdsetaten og dei delane av kommunetenestene som inngår i NAV-kontoret. Det statleg-kommunale samarbeidet i NAV-kontoret, partnarskapet, gir brukarane både statlege og kommunale arbeids- og velferdstenester. Arbeids- og velferdsforvaltninga skal fremme overgang til arbeid, sikre inntekt og kompensere for særlege utgifter og bidra til sosial inkludering eller aktiv deltaking i samfunnet.

Arbeids- og velferdsetaten har ansvaret for å gjennomføre den statlege delen av arbeids- og velferdspolitikken og forvaltar arbeidsmarknadslova, folketrygdlova (med unntak av kapittel 5) og andre lover der oppgåver er lagde til etaten. Etaten skal sikre rett yting og teneste til kvar enkelt og følge opp og kontrollere tenester, ytingar og utbetalingar. Sentrale brukargrupper omfattar arbeidssøkarar, mottakarar av helserelaterte ytingar og familieytingar, pensjonistar og brukarar av hjelpemiddel. Etaten yter også tenester til arbeidsgivarar og samhandlar med aktørar i ulike sektorar.

Arbeids- og velferdsdirektoratet leier Arbeids- og velferdsetaten og er fagdirektorat for etaten og for dei kommunale sosiale tenestene. I dei fleste tilfella er det dei lokale NAV-kontora som følger opp brukarar og tilbyr tenester. Per første tertial 2024 var det 13 722 statlege årsverk og 6 600 kommunalt tilsette i arbeids- og velferdsforvaltninga.

I 2023 blei det utbetalt om lag 600 mrd. kroner i statlege ytingar. Utgifter til kommunale stønader som NAV-kontora forvaltar, og ytingar på vegner av Statens pensjonskasse kjem i tillegg. I 2023 fekk om lag 2,9 millionar brukarar ei utbetaling frå Arbeids- og velferdsetaten.

Rapportering, strategiar og tiltak for 2025

Arbeids- og velferdsforvaltninga har ei viktig rolle i å bidra til bl.a. arbeid til alle i eit inkluderande arbeidsliv og dessutan gode velferdstenester og mindre ulikskap når det gjeld levekår. Vi viser til nærmare omtale av hovudprioriteringar og mål i del I.

Regjeringa har allereie styrkt ramma til Arbeids- og velferdsetaten varig med 225 mill. kroner. I tillegg foreslår regjeringa for 2025 ei ytterlegare varig styrking av ramma til etaten med 100 mill. kroner for å møte utfordringa med lange saksbehandlingstider og betre kvaliteten i saksbehandlinga, jf. nærmare omtale nedanfor under overskriftene Ytingsforvaltninga og Budsjettforslag 2025

Regjeringa legg gjennom tillitsreforma vekt på å gi NAV-kontora og tilsette i førstelinja større handlingsrom til å nyttiggjere seg av sin faglege kompetanse i arbeidet. Formålet er at folk skal få betre tenester som er tilpassa ulike behov og livssituasjonar. Det betyr bl.a. å utnytte det statleg-kommunale samarbeidet i NAV-kontora betre for å gi fagleg gode og lokalt tilpassa tenester og at dei tilsette reelt skal vere med på å bestemme.

Arbeids- og velferdsetaten har sett i gang tiltak og forsøk med formål om at samarbeidet mellom leiing, medarbeidarar, tillitsvalde, vernetenesta og brukarutval i etaten skal vere tett og tillitsfullt. Dette arbeidet vil i hovudsak skje lokalt.

Arbeids- og velferdsetaten forvalter store mengder opplysningar om heile Noregs befolkning. Ein stor del av desse personopplysningane er svært sensitive, og alle som arbeider i etaten har teieplikt. Det er viktig at etaten behandlar desse opplysningane på ein sikker måte i tråd med personvernregelverket. Arbeids- og velferdsetaten treng å innhente personopplysningar, for å hjelpe folk så effektivt som mogleg og samtidig ha nødvendig kontroll med at fellesskapet sine midlar ikkje blir misbrukte. Det er ein balansegang mellom ulike omsyn som høvesvis kan vere utfordrande for etaten. Etaten søker så langt det lar seg gjere å avgrense både det å innhente data og å gi tilgang til innhenta data for den enkelte medarbeidaren.

Utfordringane knytte til balansegangen mellom ulike omsyn når det gjeld å innhente og behandle data, har etaten lenge arbeidd målretta med. Mange av fagsystema er gamle og utdaterte, og det tar tid å endre dei. Moderniseringa av Arbeids- og velferdsetaten sine system har vore og er framleis nødvendig for å gi betre tenester, men også for å etterleve krav til sikkerheit og personvern på ein best mogleg måte, jf. omtale av IKT-moderniseringa i etaten under kap. 604. Etaten erkjenner likevel at det er behov for forbetringar i det å etterleve personvernregelverket. Å etterleve personvernregelverket er eit kontinuerleg arbeid. Teknologisk utvikling gjer at etaten kan og må handtere personvern på nye måtar, noko som gjer at det alltid er rom for forbetringar. Etaten vil framover arbeide systematisk og breitt i personvernarbeidet. Samtidig er det viktig å identifisere område som har svakheiter i det å etterleve regelverket og at etaten har ein plan for, og gjennomfører ein vurdering av personvernkonsekvensar på område der det manglar.

Arbeidsretta tenester

Arbeids- og velferdsetatens arbeidsretta tenester skal bidra til at fleire kjem i arbeid, og til at verksemdene får dekt behovet sitt for arbeidskraft. Etaten har såleis ei viktig rolle i å hjelpe personar som treng hjelp til å komme i arbeid, både ordinære arbeidssøkarar og personar som står lenger unna arbeidsmarknaden og som har eit meir omfattande oppfølgingsbehov.

Arbeidsgivarar som treng bistand i samanheng med opp- og nedbemanningar og ved permitteringar, kan bl.a. få formidlings- og rekrutteringsbistand.

Over tid har etaten auka samarbeidet med arbeidsgivarar for å inkludere fleire personar frå utsette grupper i arbeid. Det er lagt vekt på at marknadsarbeidet og rekrutterings- og formidlingstenestene til etaten skal sjåast i samanheng med inkluderingsarbeidet etaten gjer, og på å støtte opp under dette.

Arbeids- og velferdsetaten har også ei sentral rolle i sjukefråværsarbeidet og har bl.a. ansvar for å halde dialogmøte 2 for sjukmelde.

Vi viser til nærmare omtale av arbeidet etaten gjer for å auke inkludering og følge opp IA-avtalen under punkt 6.3 Redusere sjukefråvær og fråfall frå arbeidslivet. Vidare viser vi til omtale av arbeidsmarknadstiltak under programkategori 09.30 Arbeidsmarknad.

For å sikre ei kunnskapsbasert utvikling av arbeids- og velferdsforvaltninga er det viktig å utvikle god informasjon om resultata av innsatsen Arbeids- og velferdsetaten legg ned for å få fleire i arbeid. Oslo Economics og Frischsenteret har på oppdrag frå Arbeids- og velferdsdirektoratet utarbeidd ei anbefaling om korleis Arbeids- og velferdsetaten betre kan måle om dei lykkast med å få arbeidsledige og personar med nedsett arbeidsevne i arbeid.20 Anbefalinga baserer seg på ein gjennomgang av eksisterande forsking på temaet, erfaringar andre sektorar har gjort seg, og korleis arbeidsmarknadsetatar i andre land gjer dette. Sidan anbefalinga kom, har Arbeids- og velferdsdirektoratet arbeidd med å vidareutvikle indikatorar og statistikk som kan gi eit meir fullstendig bilde av Arbeids- og velferdsetatens resultat og innsats. Den nye indikatoren for overgang til arbeid tar omsyn til samansettinga av brukarar og lokale arbeidsmarknadsforhold. Dermed viser han eit resultatbilde som i større grad enn dagens indikator kan få fram kva forvaltninga bidrar med for å få fleire i arbeid. Indikatoren blir prøvd ut i Arbeids- og velferdsetaten gjennom 2024, og det blir henta inn innspel og vurderingar frå etaten. Målet er endeleg implementering i 2025. For ein nærmare omtale av indikatorprosjektet sjå Meld. St. 33 (2023–2024) En forsterket arbeidslinje. Arbeidet med nye indikatorar må sjåast i samanheng med evalueringar, jf. omtalen nedanfor om Kunnskapsbaserte tenester.

Ytingsforvaltninga

Eit sentralt mål for ytingsforvaltninga er at brukarane skal få utbetalt rett yting til rett tid. Vidare skal forvaltninga av ytingane sørge for høg kvalitet i vedtaka og at brukarane får varetatt rettane sine på ein god måte. Arbeids- og velferdsetaten må sørge for ein tenleg balanse mellom god kvalitet, kontroll og effektivitet i saksbehandlinga.

Situasjonen i ytingsforvaltninga er krevjande med betydelege restansar og for lang saksbehandlingstid på fleire område. I tillegg er det i ytingsforvaltninga kvalitetsutfordringar som er identifiserte gjennom hhv. Arbeids- og velferdsetatens eigne kvalitetsgjennomgangar og NOU 2023: 11 Raskt og riktig, jf. nærmare omtale av oppfølginga av NOU-en nedanfor. Arbeids- og velferdsetaten fortsett å arbeide målretta og systematisk for å betre kvaliteten i saksbehandlinga.

For 2025 foreslår regjeringa ei varig styrking av ramma til etaten med 100 mill. kroner for å møte utfordringa med lange saksbehandlingstider og betre kvaliteten i saksbehandlinga.

Det går fram av Prop. 1 S (2023–2024) for Arbeids- og inkluderingsdepartementet at departementet ville komme tilbake til oppfølginga av utvalet som har gjort ein heilskapleg gjennomgang av klage- og ankesystemet i Arbeids- og velferdsetaten og Trygderetten, jf. NOU 2023: 11 Raskt og riktig.

Hovudfunna i utgreiinga er at det er eit stort klageomfang og for lang saksbehandlingstid i Arbeids- og velferdsetaten og Trygderetten. Utvalet peiker på for dårleg kvalitet i behandlinga i førsteinstansen og manglande etterleving av forvaltningslova i etaten. Det bidrar til unødvendige klagar og ankar. Utvalet kjem med fleire anbefalingar som skal bidra til at det blir fatta fleire riktige vedtak av god kvalitet. Dette vil kunne redusere tidsbruken i klage- og ankesakskjeda og inngangen av klagar og ankar. Sjå boks 6.2 for nærmare omtale av oppfølginga i Arbeids- og inkluderingsdepartementet, Arbeids- og velferdsetaten og Trygderetten.

Boks 6.2 Oppfølgingstiltak – NOU 2023: 11 Raskt og riktig

I Arbeids- og velferdsdirektoratet:

Arbeids- og velferdsdirektoratet har i lys av funna i NOU 2023: 11 satt i gang fleire tiltak. Dette er eit løpande forbetringsarbeid som det vil ta noko tid å sjå resultata av. Direktoratet har gruppert aktuelle tiltak som kan gjennomførast innanfor det eksisterande regelverket:

  • Kvalitet og produktivitet – Tiltaka går ut på bl.a. betre søknadsdialog med brukar og etterleving av forvaltningslovas reglar om utgreingsplikt og foreleggingsplikt, grunngiving i enkeltvedtak og produktiviteten i forvaltninga av ytingar. Tiltaka skal ivareta ein god balanse mellom kvalitet i vedtak og produktivitet i forvaltninga.

  • Organisering av NAV Klageinstans – Utvalet foreslår at NAV Klageinstans (KA) blir ein del av direktoratet, og ikkje ei sjølvstendig eining som i dag. Direktoratet vil flytte KA til direktoratet i tråd med forslaget frå utvalet, noko som vil gi kortare veg frå klagesaksbehandlinga til rettsleg avklaring i direktoratet, og som er i tråd med normalordninga i forvaltninga.

  • Internkontroll – Arbeids- og velferdsetaten er i gang med å forbetre arbeidet med kvalitetsstyring, og skal etablere eit system for heilskapleg kvalitetsleiing og styring, inkludert internkontroll.

  • Samhandling mellom arbeidsretta oppfølging og vedtaksmyndigheit for arbeidsavklaringspengar (AAP) og uføretrygd – For saker som er i overgangen mellom sjukepengar/AAP og uføretrygd, har direktoratet sett i gang eit prosjekt for å betre samhandlinga mellom arbeids- og tenestelinja og ytingslinja i etaten. Tiltaka handlar om nye samhandlingsarenaer, kompetansetiltak og meir heilskapleg styring.

  • Kompetanse – Det er sett i gang arbeid for å betre forvaltningskompetansen blant tilsette i Arbeids- og velferdsetaten.

I Arbeids- og inkluderingsdepartementet

  • Departementet følger opp endringar i Arbeids- og velferdsetaten gjennom etatsstyringa og har framheva kvalitetsarbeidet i styringsdokument til etaten. Departementet har gitt føringar om at kvaliteten i saksbehandlinga skal bli betre, samtidig som etaten må sørge for ein hensiktsmessig balanse mellom kvalitet og produktivitet. Departementet har i tillegg framheva behovet for god internkontroll i Instruks om virksomhets- og økonomistyring for Arbeids- og velferdsdirektoratet, og vil følge internkontrollen tettare opp i styringsdialogen med direktoratet.

  • Prop. 53 L (2023–2024) Endringer i trygderettsloven (rettens sammensetning, aktiv saksstyring og krav til kjennelser) blei vedtatt våren 2024 og tredde i kraft 1. juli 2024. Formålet er å legge til rette for meir effektiv saksbehandling i Trygderetten.

  • Departementet vil sende på høyring fleire forslag til endringar i trygderettslova i løpet av hausten 2024.

  • Departementet vil evaluere effekten av forbetringsarbeidet i Arbeids- og velferdsetaten før det blir aktuelt å foreslå eventuelle lovendringar som utvalet foreslo, bl.a. lovfesta direkte klage.

I Trygderetten

  • I 2023 har Trygderetten starta opp tiltak for å redusere saksbehandlingstida, bl.a. knytte til retten si samansetning, val av avgjerdsform, tidsbruk og hensiktsmessige måtar å arbeide på.

  • Trygderetten starta opp eit restanseprosjekt hausten 2023. Resultata for 2023 viser at Trygderetten har avsagt fleire avgjerder og at restansane er redusert. Dette har bidratt til å redusere den gjennomsnittlege saksbehandlingstida i Trygderetten.

  • Trygderetten samarbeider i eit prosjekt med NAV Klageinstans om å sikre raskare oversending av enkelte sakstypar for å bidra til redusert saksbehandlingstid i klage- og ankesakskjeda.

Som ledd i kontrollarbeidet til Arbeids- og velferdsetaten deltar etaten i det tverretatlege samarbeidet mot arbeidslivskriminalitet. Grov trygdesvindel er ofte mogleg gjennom, eller blir kombinert med, annan arbeidslivskriminalitet eller andre former for økonomisk kriminalitet. Arbeids- og velferdsetaten er derfor ein viktig deltakar i a-krimsamarbeidet.

Vi viser til nærmare omtale av det tverretatlege samarbeidet under både punkt 6.2 Eit sikkert og seriøst arbeidsliv og kap. 640 Arbeidstilsynet.

Regjeringa la fram Meld. St. 15 (2023–2024) Felles verdier – felles ansvar – Styrket innsats for forebygging og bekjempelse av økonomisk kriminalitet i mars 2024. Fleire tiltak i meldinga gjeld Arbeids- og velferdsetatens innsats mot trygdesvindel. Oppfølging av meldinga vil krevje bidrag frå Arbeids- og velferdsetaten. Sjå nærmare omtale i budsjettproposisjonen frå Justis- og beredskapsdepartementet.

Hjelpemiddelforvaltninga

Hjelpemiddel frå folketrygda skal kompensere for utgifter til å betre arbeidsevna eller funksjonsevna i dagleglivet for personar som har varig sjukdom, skade eller lyte. I samarbeid med kommunar, fylkeskommunar og den statlege spesialisthelsetenesta skal hjelpemiddelsentralane bidra til å halde ved lag tilgjengelege og samanhengande tenester av høg kvalitet.

Hjelpemiddelforvaltninga står overfor ulike utfordringar, særleg knytte til ei auka saksmengd, som i hovudsak skriv seg frå den demografiske utviklinga med ein aukande andel eldre i befolkninga. Det er også utfordringar knytte til korleis hjelpemiddelforvaltninga skal imøtekomme endra forventningar blant brukarane.

Hjelpemiddelsentralane

Saksbehandlingstidene for saker behandla på hjelpemiddelsentralane har vore god trass auka saksmengde. Det gjeld særleg hjelpemiddel til dagleglivet.

Det blir satsa på digitale løysingar for å effektivisere og forenkle handteringa av hjelpemiddel for å ta hand om den auka saksmengda.

NAV Hjelpemiddelsentral gjenbruker ei rekke hjelpemiddel. Dette gir innsparingar på stønadsbudsjettet (kap. 2661, post 75) som er særleg relevant i ei tid med stadig fleire hjelpemiddelbrukarar. For å kunne oppretthalde dagens gjenbruksandel, vil regjeringa styrke kapasiteten til å drive gjenbruk på hjelpemiddelsentralane. Sjå nærmare omtale under budsjettforslag, post 01.

Hjelpemiddelsaker i NAV Arbeid og ytingar

NAV Arbeid og ytingar behandlar også enkelte hjelpemiddelsaker, slik som høyreapparat og ortopediske hjelpemidlar. Dei fleste sakene gjeld refusjonar til firma som leverer hjelpemiddel til brukarar. Det har vore lang saksbehandlingstid på hjelpemiddelsaker i NAV Arbeid og yting både i 2022 og 2023.

Vi viser til nærmare omtale av hjelpemidlar under punkt 6.8 Inkludering i samfunnet og gode levekår for dei mest vanskelegstilte og programkategori 29.60.

Betre brukarmøte

Arbeids- og velferdsetaten arbeider for å legge til rette for betre brukarmøte. Arbeids- og velferdsdirektoratet hentar inn informasjon om erfaringane personbrukarane og arbeidsgivarane har med etaten og vurderingane deira av tenestene frå etaten gjennom årlege brukarundersøkingar. Brukarundersøkingane for 2023 er venta å vere klare i oktober 2024.

Nav.no blir mykje brukt. I 2023 hadde nav.no om lag 2,5 millionar innloggingar i månaden. Digitaliseringa av tenestene endrar måten arbeids- og velferdsforvaltninga tilbyr tenestene sine på. Det blei forsterka i samanheng med koronapandemien. Det generelle arbeidet med å utvikle digitale tenester tar utgangspunkt i behova og føresetnadene til innbyggarane. Det har over år blitt lansert fleire nye digitale løysingar for både brukarar, arbeidsgivarar og saksbehandlarar.

Digitale tenester gir i mange tilfelle grunnlag for å erstatte og supplere besøk på NAV-kontoret. Kombinasjonen av digitale tenester og dialog, telefoni og fysiske møte gjer brukarmøtet meir fleksibelt og tilgjengeleg. For nærmare omtale av digital utvikling, sjå overskrifta Effektivisering gjennom digitalisering og kap. 604. For brukarar som har behov for å oppsøke NAV-kontoret, for eksempel ved individuelle vurderingar om stønad til livsopphald og arbeidsretta oppfølging, vil det vere tenleg med ein timeavtale slik at både brukaren og rettleiaren kan vere førebudde og ha moglegheit til å sette av tilstrekkeleg tid. NAV-kontoret skal samtidig sørge for nødvendig bistand til brukarar som ikkje er på digitale plattformer, er i ein nødssituasjon, har lese- og skrivevanskar, språkproblem, eller som av andre årsaker har vanskeleg for å bruke sjølvbeteningsløysingar og telefoni. I 2024 har NAV Kontaktsenter hatt eit forsøk med ei samisk telefonteneste. Brukarane av tenesta var nøgde med ho, og ho er derfor gjort permanent.

Kunnskapsbaserte tenester

Brukarane til Arbeids- og velferdsforvaltninga skal bli møtt av kunnskapsorienterte rettleiarar og saksbehandlarar med høg kompetanse.

Arbeids- og velferdsdirektoratet har sidan 2016 styrkt samarbeidet med universitets- og høgskolesektoren for å auke kvaliteten og relevansen i forskinga, utdanningane og kunnskapsutviklinga på tenesteområda til forvaltninga. Direktoratet har per hausten 2024 samarbeidsavtalar med OsloMet – Storbyuniversitetet, Høgskolen i Innlandet (HiNN), Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU), Juridisk fakultet ved Universitetet i Oslo (UiO) og Universitetet i Agder (UiA).

Kunnskapstilfanget på arbeids- og velferdsfeltet er betydeleg, både gjennom forskingsprogram, evalueringar, kunnskapsoversikter og ei rekke FoU-prosjekt og analysar i regi av Arbeids- og velferdsetaten.

Arbeids- og velferdsetaten nyttar ordninga offentleg sektor-ph.d. Til saman har fire kandidatar disputerte sida ordninga blei oppretta, og Arbeids- og velferdsdirektoratet finansierer per hausten 2024 sju stipendiatar i ordninga.

Direktoratet har inngått rammeavtalar med ei rekke forskingsmiljø på områda effektstudiar, kartlegging og evalueringar, og kunnskapsoppsummeringar. Undersøkingar av effektar av tiltak og tenester forvaltninga administrerer og set i verk, blir supplerte med systematiske kartleggingar av erfaringar frå tenesteytarar og brukarar. Kunnskapen blir brukt inn i tenesteutviklinga til forbetring av praksis, og som grunnlag for råd og avgjerder.

Arbeids- og inkluderingsdepartementet samarbeider med Arbeids- og velferdsdirektoratet om kunnskapsbehov i arbeids- og velferdssektoren. Direktoratet har utarbeidd ein FoU-plan for arbeids- og velferdsforvaltninga for perioden 2021–2025. Planen vert oppdatert hausten 2023 for å harmonisere med den nye verksemdsstrategien for etaten. FoU-planen stadfestar prinsippa for FoU-arbeidet i arbeids- og velferdsforvaltninga. Planen presenterer verkemiddel for FoU-arbeidet, beskriv korleis FoU-arbeid kan bidra til kunnskapsbasert praksis- og utviklingsarbeid i forvaltninga og til å forsterke rolla som fagdirektorat gjennom å forbetre grunnlaget for avgjerder, råd og anbefalingar. Det er i planperioden lagt særleg vekt på kunnskapsoppbygging innan fire tematiske satsingsområde – «samhandling med brukarane», «arbeidsretta tiltak og verkemiddel», «påliteleg forvaltning» og «sosiale tenester i NAV». I 2022 blei 30 mill. kroner lyst ut innan satsingsområdet «påliteleg forvaltning», og det er oppretta ein portefølje med FoU-prosjekt innan tema som rettstryggleiken til brukarane, skjønnsforvaltning, digital velferdsforvaltning, forvaltning av EØS-regelverk og bruk av kunstig intelligens som avgjerdsstøtte. 26 mill. kroner blei tildelt våren 2024 etter ei open utlysing for forskingsprosjekt innan satsingsområdet sosiale tenester i NAV-kontora. Eit tilsvarande beløp innan satsingsområdet «samhandling med brukarane» vert lyst ut hausten 2024.

Rolla Arbeids- og velferdsdirektoratet har som fagdirektorat for etaten og dei kommunale sosiale tenestene skal framleis vidareutviklast, og FoU-planen bygger opp under dette. Det inneber både å legge til rette for kunnskapsutviklinga på feltet, og bygge opp under ein lærande organisasjon der kunnskap kan bli formidla og tatt i bruk i forvaltninga på tenlege måtar lokalt, regionalt og sentralt. Den kunnskapsfunksjonen og rolla direktoratet har som fagleg rådgivar for departementet, og som kompetanseorgan ut mot sektoren, andre offentlege organ og allmenta, skal også vidareutviklast.

Effektivisering gjennom digitalisering

Gode, digitale løysingar for brukarane og organisatoriske tilpassingar for auka kvalitet og effektivitet i saksbehandlinga og tenesteproduksjonen er viktige for å kunne gi betre oppfølging av dei brukarane som treng bistand for å komme i arbeid. Etaten har over tid dreidd frå manuell saksbehandling til digitale løysingar og er i gang med fleire viktige tiltak for tenesteutvikling og digitalisering som kvar for seg vil kunne gi positive verknader for brukarane og for effektiviseringa av forvaltninga.

Ei grunnleggande modernisering av IKT-systema i Arbeids- og velferdsetaten er nødvendig for å skifte ut svært gamle system som ikkje tilfredsstiller krav til sikkerheit og brukarvennlege tenester. IKT-moderniseringa i etaten har så langt bestått av fleire prosjekt der etaten no gjennomfører Prosjekt 4, jf. nærmare omtale under kap. 604.

Pensjons- og utbetalingssystema i Arbeids- og velferdsetaten er bygd på tekniske plattformer som ikkje er eigna til å bli drifta og forvalta framover i tid. Utbetaling av ytingar frå Arbeids- og velferdsetaten og saksbehandling på pensjonsområdet er samfunnskritiske oppgåver for bl.a. å sikre livsopphald.

Ikkje minst for å kunne vareta krav til grunnleggande nasjonale funksjonar (GNF) og forpliktingar etaten har gjennom relevant lovverk som sikkerheitslova og verksemdforskrifta, er det nødvendig å gjennomføre risikoreduserande tiltak no, samtidig som etaten planlegg for ei grunnleggande modernisering fram i tid.

Regjeringa foreslår å auke driftsløyvinga til Arbeids- og velferdsetaten med 77 mill. kroner til risikoreduserande tiltak på pensjons- og utbetalingsområda, og eit forprosjekt for ei større modernisering av dei same områda.

Arbeids- og inkluderingsdepartementet arbeider saman med underliggande verksemder og forvaltninga elles for å tilpasse regelverket slik at det legg til rette for digital utvikling, forenkling og ei effektiv forvaltning. Mindre manuell saksbehandling og fleire digitale løysingar medfører at ein større del av driftsutgiftene blir nytta til digital produksjon og utvikling og til vedlikehald av digitale løysingar. Dette vil bl.a. hindre at nye digitale løysingar raskt blir utdaterte og forelda. Departementet legg til grunn at det blir gjennomført ein benchmark mot andre relevante aktørar, for å få eit betre grunnlag for å vurdere nivået på driftsutgiftene og Arbeids- og velferdsetatens effektivitet i drift av løysingane sine.

Partnarskapet

Det var 258 NAV-kontor ved utgangen av 2023. Som følge av kommunesamanslåingar og vertskommunesamarbeid har det gjennom åra vore endringar i dei lokale partnarskapa. Det var 59 vertskommunesamarbeid med til saman 180 kommunar i 2023.

Partnarskapet mellom stat og kommune i NAV-kontora blir utøvd lokalt. Tenesteinnhaldet i NAV-kontora vil variere, avhengig av samarbeidsavtalen som er inngått mellom etaten og den enkelte kommunen. For å styrke partnarskapet og bidra til vidareutvikling av NAV-kontora har KS og Arbeids- og inkluderingsdepartementet ein samarbeidsavtale om partnarskapet i NAV-kontora. Samarbeidsavtalen er en del av konsultasjonsordninga mellom regjeringa og KS. Fokusområda for avtalen er tilgjengelege, heilskaplege tenester og førebyggande arbeid, arenaer og prosessar for å styrke partnarskapet, og digitalisering i NAV-kontora. I tråd med avtalen har KS og Arbeids- og inkluderingsdepartementet samarbeidd om ein felles strategi for digitalisering i NAV-kontora og har etablert ein felles samarbeidsarena for digitalisering i NAV-kontora. Dette støttar opp under digitaliseringspolitikken, med formål om auka samhandling og samordning mellom statleg og kommunal sektor for å sikre samanhengande tenester, auka deling av data og auka bruk av felles IKT-løysingar.

Prosjektet Digisos har gitt betre tenester for dei som søker om stønad til livsopphald etter sosialtenestelova hos kommunane. Digital søknad om økonomisk sosialhjelp er tilgjengeleg for 99,7 pst. av befolkninga, og 99,3 pst. har tilgang til digitalt innsyn i eiga sak

Budsjettforslag 2025

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga under posten skal dekke lønns- og driftsutgifter i Arbeids- og velferdsetaten.

For 2025 blir det foreslått ei løyving på 15 061,2 mill. kroner, som samla sett inneber ein auke med 1 268,4 mill. kroner samanlikna med saldert budsjett for 2024. Dette inkluderer lønns- og prisjustering og at midlane til formål under kap. 605, post 45 frå og med 2025 blir foreslått løyvde under kap. 605, post 01, jf. nærmare omtale nedanfor. Nedanfor er dei fleste forslaga til løyvingsendringar på posten samanfatta.

Regjeringa foreslår ei varig styrking av driftsbudsjettet med 100 mill. kroner for å møte utfordringa med lange saksbehandlingstider og betre kvaliteten i saksbehandlinga, jf. nærmare omtale under Rapportering, strategiar og tiltak for 2025, Ytingsforvaltninga.

For å styrke den arbeidsretta oppfølginga i NAV-kontora foreslår regjeringa å auke driftsløyvinga til Arbeids- og velferdsetaten med 75 mill. kroner under kap. 605, post 01. Dette er ei vidareføring av bemanningsauken frå Revidert nasjonalbudsjett 2024.

Som følge av forslaget om auka løyving til arbeidsmarknadstiltak i 2025 foreslår regjeringa å auke driftsløyvinga til Arbeids- og velferdsetaten med 72,1 mill. kroner samanlikna med saldert budsjett for 2024. Sjå nærmare omtale under kap. 634.

Det blir også foreslått å auke løyvinga under kap. 605, post 01, med 19,6 mill. kroner til å gjennomføre 500 nye VTA-plassar i 2025, jf. omtale under kap. 634.

Regjeringa foreslår å etablere eit forsøk med arbeidsretta ungdomsprogram. Regjeringa tar sikte på å starte forsøket hausten 2025, og foreslår å løyve 30 mill. kroner til ei ny saksbehandlingsløysing. Sjå omtale under punkt. 6.4 God inkludering av utsette grupper i arbeidsmarknaden.

Regjeringa foreslår å auke driftsløyvinga til Arbeids- og velferdsetaten med 77 mill. kroner til risikoreduserande tiltak på pensjons- og utbetalingsområda, og eit forprosjekt for ei større modernisering av dei same områda, jf. nærmara omtale under Rapportering, strategiar og tiltak for 2025, Effektivisering gjennom digitalisering.

For å kunne oppretthalde dagens gjenbruksandel av hjelpemidlar frå Arbeids- og velferdsetaten, foreslår regjeringa å auke løyvinga under kap. 605, post 01 med 50 mill. kroner i 2025. Det er venta at tiltaket vil gi ei innsparing under kap. 2661, post 75.

Regjeringa foreslår å auke løyvinga under kap. 605, post 01 med 17,1 mill. kroner i 2025 for å dekke eingongsutgiftene knytte til å legge om bilstønadsordninga slik at Arbeids- og velferdsetaten kan førehandsbestille bilar. Sjå nærmare omtale under punkt 6.8.4 Hjelpemiddel.

Arbeidet med ny modell for kjøp av tolketenester frå frilanstolkar vil medføre administrative utgifter ved endringar i Arbeids- og velferdsetaten sin bestillingsportal. Regjeringa foreslår derfor å auke løyvinga med 3 mill. kroner til formålet. Sjå nærmare omtale under punkt 6.8.4 Hjelpemiddel.

Regjeringa foreslår å løyve 3 mill. kroner til å utvikle betre lågterskeltilbod og meir tilpassa tenester for unge med samansette problem. Sjå også omtale under punkt 6.4 God inkludering av utsette grupper i arbeidsmarknaden, kap. 605, post 22 og kap. 621, post 63.

Regjeringa foreslår å auke løyvinga i 2025 under kap. 605, post 01 med til saman 4,2 mill. kroner knytte til meir fleksible reglar for uføre som kjem tilbake i arbeid (reglar om arbeidsforsøk), jf. omtale under kap. 2665. 3,5 mill. kroner skal dekke utgiftene til endringar i systemløysinga til Arbeids- og velferdsetaten. I tillegg aukar dei varige forvaltningskostnadene med 0,7 mill. kroner.

Tolketenesta i Arbeids- og velferdsetaten gir alle rett til både språktolk og tolk for døve, personar med nedsett høyrsel og døvblinde når dei har kontakt med etaten. Som følge av at tolketenestene som etaten kjøper inn er meirverdiavgiftspliktig, blir det foreslått å auke løyvinga med 12 mill. kroner.

Regjeringa foreslår å auke driftsløyvinga til Arbeids- og velferdsetaten med 2 mill. kroner knytte til varige forvaltningskostnader etter regelendringa for eingongsstønad, som del av innstrammingar i samanheng med fordrivne frå Ukraina.

Dei vedtatte endringane i etterlatneytingane i folketrygdlova inneber store endringar i saksbehandlingssystemet til Arbeids- og velferdsetaten. For å implementere reforma har det tidlegare år blitt løyvd midlar til formålet. Det ligg føre eit auka løyvingsbehov for gjennomføring av reforma i 2025. Løyvinga blir foreslått auka med 11,3 mill. kroner i 2025.

Regjeringa har i Meld. St. 6 (2023–2024) foreslått ei rekke endringar i regelverket for alderspensjon, og i stortingsbehandlinga av meldinga inngjekk eit bredt fleirtal på Stortinget ein avtale om bl.a. auka aldersgrenser i alderspensjon og tilgrensande ordningar, og ei sliterordning i folketrygda. Dette vil krevje omfattande arbeid med systemutvikling i Arbeids- og velferdsetaten. Som følge av pensjonsavtalen foreslår regjeringa å auke driftsløyvinga til Arbeids- og velferdsetaten med 49 mill. kroner. Sjå nærmare omtale under kap. 2670.

Steg ein i prosjektet for framtidas innkrevjing i Skatteetaten blir avslutta i 2024. Midlar til Arbeids- og velferdsetaten i steg ein er løyvd under kap. 605, post 45 for 2024. Steg to startar opp i 2025, og regjeringa foreslår å auke kap. 605, post 01 med 23,2 mill. kroner.

Regjeringa foreslår ein ny finansieringsmodell for Kompetanseteamet mot negativ sosial kontroll og æresrelatert vold. Det inneber at ei stilling i Arbeids- og velferdsetaten som har vore finansiert over Barne- og familiedirektoratets budsjett, no blir foreslått finansiert over driftsbudsjettet til Arbeids- og velferdsetaten. Det blir rammeoverført 1 mill. kroner frå Barne- og familiedirektoratets kap. 858, post 01 til Arbeids- og velferdsetatens kap. 605, post 01.

I 2024 blei driftsløyvinga til Arbeids- og velferdsetaten midlertidig auka med 2,5 mill. kroner som følge av endringar i kontantstøtteordninga. Desse midlane blir ikkje førte vidare i 2025.

Driftsløyvinga blei i 2024 midlertidig auka med 2,5 mill. kroner som følge av endringar i foreldrepengeordninga. Desse midlane blir ikkje førte vidare i 2025.

Arbeids- og velferdsetatens driftsløyving blir foreslått redusert med 23 mill. kroner som følge av gevinstuttak frå Prosjekt 4 i IKT-moderniseringa. Dette svarer til 50 pst. av dei årlege netto innsparingane.

Utgiftene som blir finansierte over kap. 605, post 45, skil seg ikkje vesentleg frå utgiftene som blir finansierte over kap. 605, post 01. Midlane til formål under kap. 605, post 45, blir derfor frå og med 2025 foreslått løyvde under kap. 605, post 01. Steg ein i prosjektet for framtidas innkrevjing i Skatteetaten blir avslutta i 2024, jf. omtale ovanfor. 23,6 mill. kroner til formålet under tidligare kap. 605, post 45 er trekte ut av driftsbudsjettet til Arbeids- og velferdsetaten.

For 2025 er det foreslått ei løyving på 15 061,2 mill. kroner.

Post 22 Forskings- og utgreiingsaktivitetar, kan overførast

FoU-midlane til Arbeids- og velferdsdirektoratet er i hovudsak samla under post 22. Løyvinga blir bl.a. nytta til kunnskapsinnhenting knytt til verkemiddel på områda til arbeids- og velferdsforvaltninga. Arbeids- og velferdsdirektoratet lyser ut FoU-midlar både som enkeltoppdrag og i form av opne utlysingar av prosjektmidlar innanfor tematiske satsingsområde. Vi viser til nærmare omtale ovanfor om kunnskapsbaserte tenester.

Som ei oppfølging av bevilgningsendringar i samanheng med Revidert nasjonalbudsjett 2024, foreslår regjeringa å løyve 7,5 mill. kroner under denne posten til ei satsing på forskingsstøtta digitalisering av arbeids- og velferdstenestene.

Regjeringa foreslår å løyve 2 mill. kroner under denne posten til å utvikle betre lågterskeltilbod og meir tilpassa tenester for unge med samansette problem. Sjå også omtale under punkt 6.4 God inkludering av utsette grupper i arbeidsmarknaden, kap. 605, post 01 og kap. 621, post 63.

For 2025 er det foreslått ei løyving på 71,7 mill. kroner.

Post 45 Større utstyrsanskaffingar og vedlikehald, kan overførast

Løyvinga blir i 2024 bl.a. nytta til ordinære IKT-investeringar i Arbeids- og velferdsetaten. Dette omfattar bl.a. å skifte ut og oppgradere utstyr som ikkje lenger tilfredsstiller gjeldande krav til funksjonalitet og driftssikkerheit, og å skifte ut programvare.

Utgiftene som blir finansierte over kap. 605, post 45, skil seg ikkje vesentleg frå utgiftene som blir finansierte over kap. 605, post 01. Midlane til formål under kap. 605, post 45, blir derfor frå og med 2025 foreslått løyvde under kap. 605, post 01.

Kap. 3605 Arbeids- og velferdsetaten

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2023

Saldert budsjett 2024

Forslag 2025

01

Administrasjonsvederlag

9 598

11 061

11 481

04

Tolketenester

4 595

4 708

4 887

05

Oppdragsinntekter m.m.

29 726

20 755

21 544

Sum kap. 3605

43 919

36 524

37 912

Post 01 Administrasjonsvederlag

Inntektene under post 01 består av vederlag for administrasjonen etaten gjer av enkelte andre ytingar enn dei ytingane som er frå folketrygda.

Kjeldene for administrasjonsvederlag er

  • kommunale tilleggsytingar

  • Statens pensjonskasse

Arbeids- og velferdsetaten kan overskride løyvinga under kap. 605, post 01, mot tilsvarande meirinntekter under denne posten, jf. forslag til romartalsvedtak II.

For 2025 er det foreslått ei løyving på 11,5 mill. kroner.

Post 04 Tolketenester

Under post 04 blir det rekneskapsført inntekter frå tolketenester som andre instansar enn Arbeids- og velferdsetaten skal dekke. Arbeids- og velferdsetaten kan overskride løyvinga under kap. 605, post 01, mot tilsvarande meirinntekter under denne posten, jf. forslag til romartalsvedtak II.

For 2025 er det foreslått ei løyving på 4,9 mill. kroner.

Post 05 Oppdragsinntekter m.m.

Under post 05 blir det inntektsført bl.a. driftsrelaterte inntekter. Arbeids- og velferdsetaten kan overskride løyvinga under kap. 605, post 01, mot tilsvarande meirinntekter under denne posten, jf. forslag til romartalsvedtak II.

For 2025 er det foreslått ei løyving på 21,5 mill. kroner.

Kap. 606 Trygderetten

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2023

Saldert budsjett 2024

Forslag 2025

01

Driftsutgifter

114 155

120 530

120 760

Sum kap. 606

114 155

120 530

120 760

  • Overført frå 2023 til 2024:

  • Post 01: 2 415 000 kroner

Allmenn omtale

Trygderetten er eit domstolsliknande forvaltningsorgan som skal avgjere om enkeltpersonar har rett til trygd og pensjon. Trygderetten behandlar saker frå Arbeids- og velferdsetaten, Nasjonalt klageorgan for helsetenesta og offentlege pensjonskasser der det er ueinigheit om retten til trygde- og pensjonsytingar.

Trygderetten er styrkt dei seinare åra og disponerte om lag 67 årsverk i 2023.

Rapportering, strategiar og tiltak for 2025

Nøkkeltal saksbehandling 2019–2023

År

2019

2020

2021

2022

2023

Innkomne saker

4 600

4 151

4 663

3 934

3 108

Behandla saker (produksjon)

4 166

3 304

3 415

4 114

5 149

Gjennomsnittleg saksbehandlingstid (dagar)

218

246

359

414

398

Saker med saksbehandlingstid på meir enn 12 månader

135

624

2 245

3 254

3 413

Restansar ved utgangen av året

2 905

3 752

4 826

4 646

2 505

Tabellen viser utviklinga i vesentlege indikatorar for ankebehandlinga i Trygderetten.

Saksinngangen til Trygderetten har vore svingande. I 2022 og 2023 var saksinngangen lågare enn dei tidlegare åra. I 2024 har det igjen vore ein auke. I første halvår 2024 har saksinngangen auka med ca. 25 pst. samanlikna med 2023.

Arbeids- og velferdsetaten er ankemotpart i over 90 pst. av ankesakene. Saksinngangen til Trygderetten blir dermed påverka av bl.a. talet på vedtak om pensjons- og trygdeytingar i Arbeids- og velferdsetaten (NAV Klageinstans). Arbeids- og velferdsdirektoratet og Trygderetten forsett å samarbeide for å lage betre prognosar for ankeinngang til Trygderetten.

Trygderetten har dei seinare åra sett i gang fleire utviklings- og forbetringstiltak som har bidratt til å effektivisere saksavviklinga og drifta elles. Dette gjeld bl.a. innføring av fullelektronisk saksbehandling. Det er også iverksett tiltak for å betre saksflyten i saker som skal settast med tverrfagleg rett. I 2024 har Trygderetten jobba med å skaffe seg eit nytt saks- og arkivsystem, jf. Prop. 1 S (2023–2024).

Som del av oppfølginga av NOU 2023: 11 Raskt og riktig sette Trygderetten hausten 2023 i gang eit tidsavgrensa restanseprosjekt for å bygge ned restansar og gjennomføre andre tiltak som utvalet foreslo. Restanseprosjektet, saman med andre tiltak, har så langt gitt positive effektar.

Med lågare saksinngang og kraftig auka produksjon (rundt 1 000 fleire avgjerder enn i 2022) reduserte Trygderetten saksbehaldninga i 2023 med over 2 100 saker (46 pst. av restansane). Gjennomsnittleg saksbehandlingstid gjekk ned med 16 dagar i 2023.

Prop. 53 L (2023–2024) Endringer i trygderettsloven (rettens sammensetning, aktiv saksstyring og krav til kjennelser) blei vedtatt våren 2024 og tredde i kraft 1. juli 2024. Endringane er forventa å auke effektiviteten. Vidare vil departementet sende på høyring fleire forslag til endringar i trygderettsloven i løpet av hausten 2024. For oppfølging av NOU-en elles viser vi til omtale under kap. 605, Rapportering, strategiar og tiltak for 2025, Ytingsforvaltninga.

I saker der det er venta at ei avgjerd får betydning for praksisen på eit saksområde, kan det settast utvida rett (rett med fem medlemmer eller tre medlemmer etter § 7 andre ledd bokstav d). I 2023 blei det avsagt tre slike prinsipielle avgjerder med fem medlemmer og sju prinsipielle avgjerder med tre medlemmer. Saker sette med utvida rett er viktige for å bidra til rettsavklaring og einsarta praksis.

Budsjettforslag 2025

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga under post 01 skal dekke lønns- og driftsutgifter i Trygderetten.

Driftsbudsjettet til Trygderetten blei midlertidig styrka med 2,7 mill. kroner i 2024 til anskaffing av eit nytt saks- og arkivsystem. Det blir foreslått at Trygderettens driftspost blir redusert med tilsvarande beløp i 2025. Vidare blir det foreslått å redusere driftsposten med 0,5 mill. kroner som følge av avviklinga av den midlertidige ekstra arbeidsgivaravgifta frå 1. januar 2025.

For 2025 er det foreslått ei løyving på 120,8 mill. kroner.

Programkategori 09.20 Tiltak for betra levekår m.m.

Utgifter under programkategori 09.20 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2023

Saldert budsjett 2024

Forslag 2025

Endring i pst.

621

Tilskot til sosiale tenester og sosial inkludering

370 851

402 410

420 880

4,6

Sum kategori 09.20

370 851

402 410

420 880

4,6

Utgifter under programkategori 09.20 fordelte på postgrupper

(i 1 000 kr)

Post- gr.

Nemning

Rekneskap 2023

Saldert budsjett 2024

Forslag 2025

Endring i pst.

01–29

Statens eigne driftsutgifter

92 181

103 505

107 440

3,8

50–89

Overføringar til andre

278 670

298 905

313 440

4,9

Sum kategori 09.20

370 851

402 410

420 880

4,6

Kap. 621 Tilskot til sosiale tenester og sosial inkludering

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2023

Saldert budsjett 2024

Forslag 2025

21

Spesielle driftsutgifter

92 181

103 505

107 440

63

Sosiale tenester og tiltak for vanskelegstilte, kan overførast

154 367

174 790

184 605

70

Frivillig arbeid, kan overførast

109 231

108 230

112 345

74

Tilskot til pensjonistorganisasjonar m.m.

15 072

15 885

16 490

Sum kap. 621

370 851

402 410

420 880

  • Overført frå 2023 til 2024:

  • Post 21: 4 621 000 kroner

  • Post 63: 38 682 000 kroner

  • Post 70: 4 639 000 kroner

Kap. 621 omfattar løyvingar til kompetanse- og kvalitetsutvikling av dei sosiale tenestene i kommunane og tilskot til frivillig arbeid for sosialt og økonomisk vanskelegstilte. Løyvingane blir forvalta av Arbeids- og velferdsdirektoratet, som varetar oppgåver på sosial- og levekårsområdet.

Post 21 Spesielle driftsutgifter

Løyvinga går til tiltak for å legge til rette for kompetanse- og kvalitetsutvikling i dei sosiale tenestene i kommunane. Størsteparten av midlane går til å dekke drift av Arbeids- og velferdsdirektoratets og Statsforvaltarens kompetanse- og kvalitetsutviklingstiltak retta mot kommunar og NAV-kontor, jf. kap. 621, post 63.

Arbeids- og velferdsdirektoratet er fagdirektoratet for kommunale sosiale tenester. Direktoratet skal gjennom kompetansehevande og tilretteleggande tiltak bidra til at kommunane varetar ansvaret sitt for dei sosiale tenestene på ein god måte. Arbeidet med kompetansehevande og andre tilretteleggande tiltak blir ført vidare i 2025.

Direktoratet har ansvaret for å gjennomføre eit nytt program for å styrke og vidareutvikle førebyggande sosialt arbeid og heilskapleg førebyggande innsats lokalt, Program førebygging, jf. omtale under punkt 6.8 Inkludering i samfunnet og gode levekår for dei mest vanskelegstilte. Statsforvaltarane skal bidra i planlegginga og gjennomføringa av programmet.

Direktoratet samarbeider med Statsforvaltaren om kompetanseutviklingstiltak for dei sosiale tenestene i NAV-kontora. Viktige innsatsområde i 2025 skal vere tiltak som støttar opp under krava i lova om individuelle vurderingar, barne- og familieperspektivet, og at tenestene er godt tilgjengelege.

Arbeids- og velferdsdirektoratet skal, i samarbeid med statsforvaltarane, halde fram arbeidet med å auke kvaliteten og kompetansen i den økonomiske rådgivinga i NAV-kontora. Det skal bl.a. gjennomførast kurs, samlingar og faglege forum for økonomiske rådgivarar. Den landsdekkande økonomirådstelefonen, NAV Økonomi- og gjeldsrådgiving, er eit lågterskeltilbod som har til formål å gjere økonomisk rådgiving lettare tilgjengeleg med sikte på hjelp til sjølvhjelp. Telefonen er drifta av NAV Kontaktsenter Nordland. Kapasiteten ved økonomirådstelefonen er styrkt. Sjå også omtale under kap. 621, post 63.

Statsforvaltaren har i samarbeid med NAV fylke særlege oppfølgingsoppgåver knytte til kvalifiseringsprogrammet. Tiltak for å auke kunnskapen om kvalifiseringsprogrammet og bidra til at alle som oppfyller vilkåra for å delta, får tilbod om program, blir førte vidare i 2025.

Statsforvaltarane skal også i samarbeid med NAV fylke bidra til individuell tilpassing av tiltak i aktivitetsplikta for sosialhjelpsmottakarar under 30 år.

Arbeids- og velferdsdirektoratet deltar i samarbeidet om ei rekke tverrsektorielle strategiar og satsingar. Parallelt med kjernegruppa departementa har for å koordinera samarbeidet om utsette barn og unge, er det ein struktur på direktoratsnivå med 13 underliggande etatar. Arbeids- og velferdsdirektoratet deltar i arbeidet. Statsforvaltarane skal vere pådrivarar for tverrsektorielt samarbeid og samordning av tenestene i kommunane, slik at utsette barn og unge og familiane deira får eit heilskapleg og samordna tenestetilbod.

Budsjettforslag 2025

For 2025 er det foreslått ei løyving på 107,4 mill. kroner.

Post 63 Sosiale tenester og tiltak for vanskelegstilte, kan overførast

Løyvinga går til tilskot til kommunane for å utvikle dei sosiale tenestene i NAV-kontoret og prosjekt retta mot sosialt og økonomisk vanskelegstilte. Kommunane har gjennom sosialtenestelova ansvar for viktige fellesoppgåver for å sikre alle innbyggarar gode levekår.

Midlar over denne posten har frå 2017 vore samla i ei kommuneretta tilskotsordning, tilskot til utvikling av dei sosiale tenestene i NAV-kontoret.

Formålet med tilskotsordninga er å stimulere til utvikling av dei sosiale tenestene og tiltak i kommunane etter sosialtenestelova. Målgruppa er sosialt og økonomisk vanskelegstilte som har behov for sosiale tenester, og andre som står i fare for å komme i ein vanskeleg livssituasjon. Tiltaka skal ta utgangspunkt i lokale utfordringar, sett i samanheng med måla for ordninga. I tråd med måla for ordninga kan det også givast tilskot til lokale tiltak som inngår i nasjonale forsøk og satsingar.

Statsforvaltarane har sidan 2021 hatt vedtaksmyndigheit for tilskot til lokalt initierte tiltak innanfor tilskotsordninga. Statsforvaltarane følger opp tiltak og tilbyr opplæring i prosjektleiing og fagnettverk. Det er i 2024 fordelt i overkant av 127 mill. kroner til 162 lokale utviklingstiltak. I tillegg kjem 11 tiltak som berre har fått overført midlar frå 2023, så samla er det 173 lokale utviklingstiltak i 2024. Målgruppene for tiltaka er bl.a. unge med svak tilknyting til arbeidslivet, unge med psykiske helseutfordringar og/eller rusutfordringar, familiar med låginntekts- og levekårsproblem, flyktningar og innvandrarar i tillegg til langtidsmottakarar av sosialhjelp.

Direktoratet starta i 2022 opp eit arbeid med overføring av lovande arbeidsmodellar mellom NAV-kontor. Formålet er å få meir kunnskap om resultata av dei lokale utviklingstiltaka, og å overføre erfaringar mellom kontora. Det blei først identifisert kriterium for å velje ut lovande arbeidsmodellar. Sidan 2023 har to modellar blitt overførte til seks NAV-kontor. Samtidig er det gjennomført ei prosessevaluering. Modellane som har blitt prøvde ut, er «Språkmentor» videreutvikla av NAV Frogner og «Back to school, stay at school» utvikla av NAV Midt-Telemark. Sluttrapporten foreligger 1. desember 2024. Det har også vore satsa meir på kompetanseheving i kommunane. Satsinga må sjåast i samanheng med andre kompetansetiltak i regi av Arbeids- og velferdsdirektoratet og statsforvaltarane.

Økonomi- og gjeldsrådgiving

Økonomisk rådgiving, irekna gjeldsrådgiving, er ein del av rettleiingsplikta som NAV-kontora har etter sosialtenestelova. Formålet med økonomisk rådgiving er å bidra til at enkeltpersonar og familiar med økonomiske problem og gjeldsbyrder får kontroll og styring over eigen økonomi. Tenesta har i utgangspunktet alle innbyggarane i kommunen som målgruppe, men er også eit verkemiddel for å redusere behovet for økonomisk stønad.

Det er over fleire år sett iverk tiltak for å heve kvalitet og kompetanse og gjere tilbodet om økonomisk rådgiving meir tilgjengeleg for personar med økonomi- og gjeldsproblem. På oppdrag frå Arbeids- og velferdsdirektoratet gjennomfører Oxford Research ei undersøking som skal gi oppdatert kunnskap om kor god og tilgjengeleg den økonomiske rådgivinga i NAV-kontora er. Rapport skal etter planen ligge føre i november 2024.

Økonomisk rådgiving krev god og i enkelte tilfelle spesialisert kompetanse. Statsforvaltarane gjennomfører opplæring og kompetanseheving gjennom kurs, samlingar og faglege forum for tilsette i NAV-kontora som jobbar med økonomisk rådgiving. Fagleg materiell for tilsette i NAV-kontora og til bruk i undervisning blir jamleg oppdatert. Vidare er det oppretta ei rådgivings- og rettleiingsteneste der NAV-rettleiarar kan få støtte frå eit kompetansesenter for økonomi- og gjeldsrådgiving. Det er også vidareutdanningstilbod i økonomisk rådgiving. Enkelte stader er det interkommunale kompetansesenter som hjelper kommunane i økonomirådgivings- og gjeldssaker.

Det er sett i verk tiltak for å gjere økonomisk rådgiving meir tilgjengeleg. Økonomi- og gjeldsrådgivingstelefonen til NAV er eit lågterskeltilbod og supplement til den personlege rådgivinga i NAV-kontora. I tillegg er det utvikla ein digital vegvisar for økonomisk rådgiving på nav.no.

Nærmare om nasjonale forsøk og satsingar

Midlar over denne posten blir også nytta til oppfølging av ei rekke nasjonale forsøk og satsingar.

Staten bidrar med ein særskild innsats i enkelte område i storbyane som har høg konsentrasjon av levekårsutfordringar. Desse områda er ofte prega av dårlege bumiljø, av at folk bur trongt, av stor arbeidsløyse, ein relativt høg andel barn i familiar med låginntekt, ein høg andel med låg utdanning, stor innvandrarbefolkning, og kriminalitet m.m. Mange står utanfor skole, arbeids- og samfunnsliv. Områdesatsingane skal forbetre tenester og nærmiljøkvalitetar der behova er størst, slik at fleire blir økonomisk sjølvstendige og aktivt deltakande i lokalsamfunn og storsamfunn. Det er sett av 5 mill. kroner til Groruddalssatsinga over denne posten og 4 mill. kroner til områdesatsinga i Oslo indre aust. Midla går til kvalifisering til arbeid. Det er også sett av 1 mill. kroner til områdesatsinga i Oslo sør. Midlane blir førte vidare i 2025.

Staten og Stavanger kommune inngjekk i 2017 eit langsiktig samarbeid om områderetta innsats i dei nordaustlege delane av Storhaug bydel. Eitt av satsingsområda er sosialt entreprenørskap for å skape nye vegar til velferd og arbeid. Kvart år sidan 2017 har det vore sett av 3 mill. kroner til dette formålet. 2024 er siste året. Sjå nærmare omtale av områdesatsingane i Prop. 1 S (2024–2025) for Kommunal- og distriktsdepartementet.

For å heve kvaliteten i tilbodet til unge med samansette problem og støtte opp under ungdomsgarantien, vil regjeringa utvikle betre lågterskeltilbod og meir tilpassa tenester. Fleire kommunar manglar eit hensiktsmessig tilbod for unge som fell utanfor arbeid og utdanning, særleg for unge som ikkje kan nytte statlege arbeidsmarknadstiltak. Derfor ønsker regjeringa å sette i gang eit utviklingsarbeid i arbeids- og velferdsforvaltninga som skal bidra til at utsette unge er betre førebudd til arbeidslivet. Utviklingsarbeidet vil bl.a. bestå i å utarbeide og prøve ut lokale arbeidsretta lågterskeltilbod i utvalde kommunar. Utviklingsarbeidet vil bli følgt opp gjennom ei følgjeevaluering. Det skal settes av 12 mill. kroner til formålet over denne posten i 2025.

Arbeids- og velferdsdirektoratet og Kriminalomsorgsdirektoratet samarbeider om å gjennomføre eit pilotprosjekt med formål om å teste ut velferdsobligasjonar som modell for å utvikle og finansiere nye tiltak for å førebygge tilbakefall til kriminalitet. Velferdsobligasjonar, eller effektkontraktar, som det også blir kalla, blir brukte om resultatbaserte avtalar mellom fleire partar, inkludert offentlege myndigheiter, investorar/stiftelsar og private eller ideelle tenesteleverandørar. Denne modellen har som formål å løyse sosiale problem på ein ny måte.

Det er gitt tilsegn om tilskot til å dekke delar av sluttoppgjeret for lokale prosjekt, eitt samarbeidsprosjekt mellom fire kommunar i Vestfold og Telemark og eitt prosjekt i Trøndelag. Prosjekta skal etter planen vare i to år. Larvik kommune administrerer samarbeidsprosjektet i Vestfold og Telemark og har inngått kontrakt med Back in the Ring, ein ideell organisasjon. Ferd Sosiale Entreprenører er investor. I Trøndelag har Trondheim kommune inngått kontrakt med HOGST AS, eit ideelt aksjeselskap eigd av Røde Kors og Trønder Energi. Trønder Energi er også investor i prosjektet. To rapportar frå evalueringa av pilotprosjekta er klare. Den første rapporten inneheld ei samanstilling av kunnskap på feltet, og den andre presenterer førebelse funn frå pilotprosjektet i Vestfold og Telemark. Evaluatoren vurderer dette som ein interessant pilot som genererer god læring om effektkontraktar i ein norsk, kommunal kontekst, men tar bl.a. opp spørsmål knytte til det å forankre modellen hos alle aktørane. Pandemien har også gitt ei krevjande ytre ramme for prosjektet. Prosjektet i Trøndelag er avslutta i 2024, prosjektet i Vestfold og Telemark blir avslutta i 2025. Arbeids- og velferdsdirektoratet og Kriminalomsorgsdirektoratet utbetalar høsten 2024 midlar til dekning av deler av sluttoppgjeret for det lokale prosjektet til Trondheim kommune.

I 2022 fekk kommunane/NAV-kontora moglegheit til å søke om tilskot til lokale forsøk med effektkontraktar eller liknande modellar. Formålet er å prøve ut nye løysingar på sosiale problem og stimulere til meir samarbeid mellom kommunar/NAV-kontor og sosiale entreprenørar. Det er også eit mål å få meir erfaring med bruk av effektkontraktar og liknande modellar for å finansiere og utvikle nye løysingar på sosiale problem. Forsøka blir utforma i tråd med lokale prioriteringar, og resultatkrava blir sette lokalt. Midlane skal nyttast til å dekke kostnader kommunen har til å greie ut og inngå avtalar og til å koordinere og følge opp forsøket. I tillegg kan det søkast om eigne midlar til å koordinere erfaringsdeling mellom forsøka som får midlar. Det blir ikkje gitt tilskot til å dekke sluttoppgjer. Det er sett av 5 mill. kroner (årleg) til formålet. I 2022 blei det tildelt tilskot til 47 NAV-kontor og oppretta eit læringsnettverk som bydel St. Hanshaugen leier, og som i tillegg består av NAV-kontora og KS. I 2024 har eitt NAV-kontor avslutta forsøket sitt. Midlane blir førte videre i 2025.

I 2024 har det vore mogleg for NAV-kontora å søke om tilskot til å utvikle samarbeidet med frivillige organisasjonar og sosiale enteprenørar for å førebygge utanforskap og sosial ekskludering. Det skal i 2024 rettast merksemd mot NAV-kontora sitt ansvar for førebyggande arbeid etter sosialtenestelova. Det er fordelt 23,5 mill. kroner i tilskot til tolv NAV-kontor i fire fylke. NAV-kontora blei inviterte til å søke om tilskot og fekk også hjelp i søknadsprosessen.

Som ledd i oppfølginga av handlingsplanen mot radikalisering og valdeleg ekstremisme kan midlar over denne posten gå til kompetanse- og utviklingstiltak og til prosjekt knytte til dei sosiale tenestene retta mot radikalisering og valdeleg ekstremisme.

Budsjettforslag 2025

For 2025 er det foreslått ei løyving på 184,6 mill. kroner.

Post 70 Frivillig arbeid, kan overførast

Løyvinga går til frivillige organisasjonar og private stiftelsar som arbeider for vanskelegstilte. Desse fungerer som talerøyr for sosialt og økonomisk vanskelegstilte og utfører likemanns- og sjølvhjelpsarbeid. Enkelte organisasjonar tilbyr tenester og tiltak til målgruppa.

Over denne posten gis det tilskot til Stiftelsen Kirkens Bymisjon, 2,6 mill. kroner til drift av Samarbeidsforum mot fattigdom og 10,85 mill. kroner til drift av Batteriet Oslo, Batteriet Sør, Batteriet Vest-Norge og Batteriet Midt-Norge. Det gis også 2,2 mill. kroner i tilskot til Stiftelsen Kirkens Bymisjon Nordland til drift av Batteriet Nord-Norge. I tillegg blir det gitt tilskot til Foreningen for sosialt arbeid over posten. Dette tilskotet utgjer 160 000 kroner.

Samarbeidsforum mot fattigdom består av ti landsdekkande brukar- og pårørandeorganisasjonar. Representantar frå samarbeidsforumet deltar på møte i Kontaktutvalet mellom regjeringa og representantar for sosialt og økonomisk vanskelegstilte. Det blei halde tre møte i Kontaktutvalet i 2023 og eitt møte i første halvår 2024.

Batteria er ressurssenter for frivillige organisasjonar og grupper som arbeider mot fattigdom og sosial ekskludering. Batteria skal legge til rette for at desse kan drive med interessepolitisk arbeid, bidra til auka brukarmedverknad og styrke moglegheitene for organisering, likepersonsarbeid, sjølvhjelp og politisk påverknadsarbeid. Batteriet Oslo er sekretariat for Samarbeidsforum mot fattigdom. Batteria er i kontakt med eit stort nettverk av organisasjonar lokalt.

Tilskot til brukarstyrte organisasjonar som arbeider mot fattigdom

Over denne posten blir det også gitt tilskot til brukarstyrte organisasjonar som arbeider mot fattigdom. Målet med tilskotsordninga er å fremme eigenorganisering, sette organisasjonane betre i stand til å drive interessepolitisk arbeid, og bidra til meir brukarmedverknad.

Tilskotsordninga er eksternt evaluert, og det blei fastsett eit nytt regelverk for ordninga i forskrift i 2021. Ifølge evalueringa bidrar tilskotet til meir robuste brukarorganisasjonar, til eit mangfald i arbeidsmåtar og målgrupper og til meir samarbeid mellom organisasjonane på fattigdomsfeltet. Tilskotet bidrar også til aktivitetar innan eigenorganisering, sjølvhjelp og påverknad, og inkluderingsarbeid som målgruppa opplever som meiningsfylt.

I 2024 er det gitt tilskot til 13 organisasjonar. Arbeids- og velferdsdirektoratet forvaltar tilskotsordninga. Tilskotet blir ført vidare i 2025.

Tilskot til humanitære tiltak retta mot EØS-borgarar

Posten dekker også tilskot til frivillige organisasjonar og kommunar som tilbyr overnatting, sanitære tiltak og matutdeling til EØS-borgarar som kjem til Noreg for å tigge i kortare eller lengre periodar. Formålet med tilskotsordninga er å betre dei humanitære forholda for EØS-borgarar som kjem til Noreg utan eigne midlar og utan rett til offentlege ytingar. Det blir gitt tilskot til overnattingstilbod og sanitære tiltak, rådgivingstiltak m.m. I 2024 er det fordelt tilskot til 16 tiltak. Arbeids- og velferdsdirektoratet forvaltar tilskotsordninga. Tilskotet blir ført vidare i 2025.

Tilskot til aktivisering og arbeidstrening

Det blir over posten også gitt tilskot til frivillige organisasjonar som tilbyr aktivisering og arbeidstrening til personar med lita eller inga tilknyting til arbeidsmarknaden. Formålet er å gi alle moglegheiter til å komme i arbeid og å betre levekåra for dei mest vanskelegstilte. Målgruppa er personar som står langt frå arbeidsmarknaden, og som i mange samanhengar er sosialt ekskluderte. Målet for enkelte vil vere rehabilitering, inkludering og høgare livskvalitet, mens andre vil kunne nyttiggjere seg meir arbeidsretta tiltak med sikte på inkludering i arbeidslivet. Det er eit breitt spekter av tiltak, frå sosial trening og kvardagsmeistring til arbeidsretta tiltak.

Arbeids- og velferdsdirektoratet forvaltar tilskotsordninga. I 2024 er det tildelt tilskot til totalt 86 prosjekt, irekna 14 nye prosjekt og 72 prosjekt som er sette i gang tidlegare år. Tilskotet blir ført vidare i 2025.

Tilskotsordninga er evaluert eksternt (Proba-rapport nr. 2021-12). Ifølge evalueringa bidrar tiltaka til inkludering av målgruppene gjennom fleksible løysingar som er tilpassa deltakarane. Mange av organisasjonane har utvikla ein eigen arbeidsmåte basert på erfaringar frå arbeid med målgruppa, framfor å følge ein formell metodikk. Tilbodet i regi av dei frivillige organisasjonane bidrar til eit mangfald i tilbodet til målgruppene, og i enkelte tilfelle til å dekke hol i det offentlege tenestetilbodet.

På bakgrunn av den eksterne evalueringa legg departementet opp til enkelte endringar i tilskotsordninga. For å betre føresetnadene for vidare drift etter tilskotsperioden vil kravet til samarbeid mellom tilskotsmottakar og kommunen og/eller NAV-kontoret bli forsterka, Det foreslås vidare å legge forvaltninga av tilskotet til NAV fylke. Tilskotsordninga vil dessutan bli forskriftsfesta. Eit forslag til forskrift vil bli sendt på høyring. Forslaget til forskrift vil føre vidare hovudinnhaldet i dagens regelverk når det gjeld mål, målgrupper for tiltak og kven og kva som kan få tilskot.

Tilskot til sosialt entreprenørskap

Det blir over posten gitt tilskot som skal stimulere til utvikling av sosialt entreprenørskap, og tilskot til sosiale entreprenørar som rettar verksemda si mot å få bukt med fattigdom og sosial ekskludering. Formålet med tilskotsordninga er også å bidra til at eigenorganiserte som har erfart fattigdom og sosial ekskludering, blir stimulerte til å utvikle sosialt entreprenørskap. Målgruppa er sosialt og økonomisk vanskelegstilte som enten opplever eller står i fare for å oppleve fattigdom og sosial ekskludering. Det er innanfor tilskotsordninga også mogleg å søke om utviklingstilskot. Utviklingstilskotet skal stimulere til at søkarar som er eller vil bli sosiale entreprenørar på fattigdomsfeltet, utviklar gode idear og forretningsmodellar.

Arbeids- og velferdsdirektoratet forvaltar tilskotsordninga. I 2024 har 11 aktørar fått tilskot gjennom ordninga. Personar med rusproblem, tidlegare innsette og personar med innvandrar- eller flyktningbakgrunn er i målgruppa for fleire av aktørane. Tilskotet blir ført vidare i 2025.

Sjå kap. 621, post 63, for omtale av sosialt entreprenørskap som innsatsområde i ei områdesatsing i ein bydel i Stavanger og i eit pilotprosjekt med velferdsobligasjonar.

Budsjettforslag 2025

For 2025 er det foreslått ei løyving på 112,3 mill. kroner.

Post 74 Tilskot til pensjonistorganisasjonar m.m.

Tilskotsordninga skal gi økonomiske bidrag til drifta av pensjonistorganisasjonar og til det eldrepolitiske arbeidet deira. Ordninga er regulert i ei eiga forskrift. Målgruppa for tilskotsordninga er landsdekkande pensjonistorganisasjonar som har som formål å fremme eldrepolitiske interesser, irekna dei sosiale, økonomiske, helsemessige og kulturelle interessene til pensjonistar.

Pensjonistorganisasjonar uttrykker store ambisjonar om å vere ein aktør som tar ansvar for korleis samfunnet skal utvikle seg slik at alder ikkje står i vegen for gode, aktive og verdige liv. Regjeringa ønsker eit meir aldersvennleg samfunn og aktive eldre. Det er viktig at regjeringa nyttiggjer seg kompetansen organisasjonane har når det gjeld behova til eldrebefolkninga, og at verkemidla kan innrettast best mogleg. Derfor står det i Hurdalsplattforma at regjeringa vil gi pensjonistorganisasjonar forhandlingsrett på andre område enn reguleringa av pensjonane og dermed gjere det mogleg for dei å drøfte viktige spørsmål i eldrepolitikken. Som ei oppfølging av dette er det inngått ein avtale med pensjonist- og arbeidstakarorganisasjonar om at det skal haldast fire årlege møte mellom representantar frå regjeringa og organisasjonane om dei årlege statsbudsjetta, leidde av arbeids- og inkluderingsministeren. Sjå nærmare omtale under punkt 6.7 Gode og føreseielege pensjonar for dagens og framtidige generasjonar.

Tilskotet til pensjonistorganisasjonar m.m. er sentral for at desse organisasjonane bl.a. skal kunne vere i stand til å gi innspel til eldrepolitikken. Det er innvilga tilskot til åtte organisasjonar i 2024, fordelt forholdsmessig etter talet på medlemmer.

Arbeids- og velferdsdirektoratet forvaltar tilskotsordninga.

Budsjettforslag 2025

For 2025 er det foreslått ei løyving på 16,5 mill. kroner.

Programkategori 09.30 Arbeidsmarknad

Utgifter under programkategori 09.30 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2023

Saldert budsjett 2024

Forslag 2025

Endring i pst.

634

Arbeidsmarknadstiltak

9 812 137

10 682 625

11 618 590

8,8

635

Ventelønn

1 774

1 400

100

-92,9

Sum kategori 09.30

9 813 911

10 684 025

11 618 690

8,7

Utgifter under programkategori 09.30 fordelte på postgrupper

(i 1 000 kr)

Post-gr.

Nemning

Rekneskap 2023

Saldert budsjett 2024

Forslag 2025

Endring i pst.

01–29

Statens eigne driftsutgifter

511 762

638 370

755 815

18,4

50–89

Overføringar til andre

9 302 149

10 045 655

10 862 875

8,1

Sum kategori 09.30

9 813 911

10 684 025

11 618 690

8,7

Kap. 634 Arbeidsmarknadstiltak

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2023

Saldert budsjett 2024

Forslag 2025

01

Driftsutgifter

503 412

586 970

703 815

21

Forsøk med tilrettelagd vidaregåande opplæring, kan overførast

6 576

50 000

51 900

76

Tiltak for arbeidssøkarar, kan overførast

7 207 484

7 763 805

8 384 615

77

Varig tilrettelagd arbeid, kan overførast

1 896 658

2 072 020

2 222 085

78

Tilskot til arbeids- og utdanningsreiser

93 722

90 720

114 170

79

Funksjonsassistanse i arbeidslivet, kan overførast

104 285

119 110

142 005

Sum kap. 634

9 812 137

10 682 625

11 618 590

  • Overført frå 2023 til 2024:

  • Post 21: 8 000 000 kroner

  • Post 76: 158 441 000 kroner

  • Post 77: 27 100 000 kroner

  • Post 79: 7 394 000 kroner

Boks 6.3 Arbeidsmarknadstiltak

Avklaring – Formålet med tiltaket er å kartlegge og vurdere arbeidsevna til ein person og kva spesifikke behov personen eventuelt har for hjelp til å komme i eller behalde arbeid når behovsvurderinga som Arbeids- og velferdsetaten gjer, ikkje er tilstrekkeleg.

Oppfølging – Tiltaket skal styrke moglegheitene deltakarane har for å få eller behalde arbeid. Oppfølginga kan gjennomførast av eksterne leverandørar og i Arbeids- og velferdsetatens eigenregi. Arbeids- og velferdsetatens oppfølgingstiltak i eigenregi består av arbeid med støtte (utvida oppfølging), individuell jobbstøtte og ungdomsgaranti.

Mentor – Tiltaket skal gi deltakarane nødvendig hjelp til å kunne gjennomføre arbeidsmarknadstiltak eller få eller behalde lønt arbeid i ei ordinær verksemd. Mentoren kan gi praktisk bistand, rettleiing og opplæring i arbeidsrelaterte ferdigheiter tilpassa behova til kvar enkelt deltakar.

Arbeidstrening – Tiltaket skal prøve ut moglegheitene personen har på arbeidsmarknaden, gi relevant arbeidserfaring og bidra til å styrke moglegheitene til å få arbeid. Tiltaksdeltakaren får tilrettelagd arbeidstrening i ordinært arbeidsliv. Personar med nedsett arbeidsevne som har behov for arbeidstrening i eit skjerma og tilrettelagt arbeidsmiljø før arbeidstrening eller opplæring i ordinært arbeidsliv, kan få tilbod om arbeidsførebuande trening.

Opplæring – Tiltaket skal bidra til at arbeidssøkarar blir kvalifiserte til ledige jobbar. Opplæringa kan dei få på kortvarige kurs som vanlegvis skal gi formell kompetanse i form av offentlege prøvebevis, sertifikat e.l. Opplæringa kan også bestå av fag- og yrkesopplæring på vidaregåande skole-nivå, høgare yrkesfagleg utdanning eller som høgare utdanning.

Arbeidsretta rehabilitering – Tiltaket skal bidra til meistring av helserelaterte og sosiale problem som kan vere til hinder for deltaking i arbeidslivet.

Inkluderingstilskot – Tilskotet skal kompensere for tilleggskostnader arbeidsgivarar har i samband med tilrettelegging av arbeidsplassen for personar med behov for arbeidsretta bistand frå Arbeids- og velferdsetaten.

Tilskot til sommarjobb – Tilskotet kan givast til arbeidsgivarar som tilbyr sommarjobb til personar under 30 år med behov for arbeidsretta bistand frå Arbeids- og velferdsetaten.

Midlertidig lønnstilskot – Tilskotet kan givast til arbeidsgivarar for å bidra til at personar kan bli fast tilsette i ordinære verksemder, og for å hindre utstøyting av personar som står i fare for å falle ut av arbeidslivet.

Varig lønnstilskot – Tiltaket skal bidra til at personar med varig og vesentleg nedsett arbeidsevne kan skaffe seg eller behalde ordinært arbeid, og bidra til å motverke overgang til uføretrygd.

Arbeids- og utdanningsreiser – Tiltaket – ei pengestøtte – skal bidra til at personar som har vanskar med å flytte på seg på grunn av nedsett funksjonsevne, kan vere i ordinært arbeid eller gjennomføre arbeidsretta utdanning. Støtta kan givast til personar som er i ordinært arbeid, eller som gjennomfører arbeidsretta utdanning for å skaffe seg eller behalde ordinært arbeid.

Funksjonsassistanse i arbeidslivet – Tiltaket er retta mot yrkesaktive personar som har omfattande fysiske funksjonsnedsettingar, og til blinde og sterkt svaksynte. Ordninga inneber at dei får ein lønt assistent som hjelper til med praktiske formål i arbeidssituasjonen.

Varig tilrettelagt arbeid – Tiltaket blir arrangert i førehandsgodkjende verksemder eller ordinære verksemder for personar som får, eller i nær framtid er venta å få, innvilga uføretrygd, og som har behov for spesiell tilrettelegging og tett oppfølging. Tiltaket er utan tidsavgrensing.

Allmenn omtale

Arbeids- og velferdsetaten rettleier og følger opp jobbsøkarar, kartlegg kva behov den enkelte har for bistand, og gir informasjon om arbeidsmarknaden, jf. nærmare omtale av Arbeids- og velferdsetatens arbeidsretta innsats under kap. 605. Dersom det er behov for meir omfattande bistand, kan Arbeids- og velferdsetaten tilby arbeidsmarknadstiltak.

Målet med dei fleste arbeidsmarknadstiltaka er å sette tiltaksdeltakarane i betre stand til å skaffe seg eller behalde arbeid. Tiltaka kan også nyttast for å avklare arbeidsevne eller gi eit meiningsfullt arbeid til personar som har vanskar med å få arbeid på ordinære lønns- og arbeidsvilkår. Personar som ikkje har rett til andre ytingar frå arbeids- og velferdsforvaltninga, kan få tiltakspengar når dei deltar i arbeidsmarknadstiltak.

Arbeidsmarknadstiltak skal tildelast etter ei individuell vurdering av kva slags arbeidsretta bistand den enkelte treng. Dei fleste som blir arbeidsledige, kjem raskt i arbeid igjen utan annan bistand frå Arbeids- og velferdsetaten enn bruk av sjølvbetente løysingar. For ledige blir derfor arbeidsmarknadstiltak vanlegvis først vurderte etter ei tid med jobbsøking i kombinasjon med oppfølging frå ein NAV-rettleiar. Sjølv om talet på ledige som har behov for bistand er lågare i periodar med låg arbeidsløyse, vil andelen av dei ledige med eit slikt behov typisk vere høgare. I 2023 hadde om lag åtte av ti deltakarar i arbeidsmarknadstiltak nedsett arbeidsevne. Dei er vurderte å ha eit meir omfattande behov for bistand for å komme i arbeid enn arbeidsledige har. Arbeidsmarknadstiltak er derfor eit viktig verkemiddel for å auke arbeidsstyrken på tvers av konjunkturane.

Arbeidsmarknadstiltaka arbeidsretta rehabilitering, avklaring og oppfølging blir kjøpte etter regelverket for offentlege anskaffingar. Oppfølging kan også skje i Arbeids- og velferdsetatens eigenregi. Oppfølgingstiltaket individuell jobbstøtte (IPS) samarbeider etaten med helse- og omsorgstenesta om. Opplæring blir gjennomført i det ordinære utdanningssystemet eller kjøpt etter regelverket for offentlege anskaffingar. Vidare blir det for fleire arbeidsmarknadstiltak gitt direkte tilskot til arbeidsgivarar og leverandørar av tenester til enkeltpersonar. Dei direkte tilskota til arbeidsgivarar for tiltaka, varig lønnstilskot, inkluderingstilskot og mentor blir utforma og tildelte på individuelt grunnlag som kompensasjon for nedsett produktivitet eller tilretteleggingskostnader. For tiltaket midlertidig lønnstilskot er det faste satsar. For tiltaka varig tilrettelagt arbeid (VTA) og arbeidsførebuande trening (AFT) er tilskota standardiserte per tiltaksplass, og tiltaksarrangørane er førehandsgodkjent av Arbeids- og velferdsetaten.

Etter arbeidsmarknadslova skal arbeidsmarknadstiltak som hovudregel bli gjennomført i Noreg. I 2021 blei det likevel starta opp eit forsøk med avklaring og arbeidsutprøving på skip. For å legge til rette for at det skal vere mogleg å segle i internasjonalt farvatn, blei det gitt ei midlertidig forskrift som opnar for at tiltaket kan nyttast utanfor landegrensene. Hensikta med forsøket på skip er å rekruttere unge brukarar som enten har vore vanskeleg å motivere for andre tiltak, eller der tradisjonelle avklarings- og arbeidstreningstiltak ikkje har gitt tilstrekkeleg effekt. Forsøket blir gjennomført i NAV Oslo, men inkluderer også deltakarar frå andre fylke. Den midlertidige forskrifta er forlengd fram til 30. april 2025. I løpet av hausten 2024 vil departementet sende på høyring eit forslag om at det skal opnast for tiltaksgjennomføring også på andre transportmiddel som jamleg kryssar grenser mellom Noreg og andre land.

Arbeidsmarknadstiltaka er rammefinansierte, og utgiftene er fordelte på ulike postar under kap. 634 Arbeidsmarknadstiltak. Post 01 Driftsutgifter inneheld utgifter til Arbeids- og velferdsetatens oppfølgingstenester i eigenregi, med unntak av rettleiarar til ungdomsgarantien som er finansierte over kap. 605 Arbeids- og velferdsetaten, post 01 Driftsutgifter. Post 21 Spesielle driftsutgifter inneheld ei finansieringsordning for å støtte opp under tilrettelagd vidaregåande opplæring. Hovudvekta av arbeidsmarknadstiltaka, og utgifter til tiltakspengar, blir budsjetterte under post 76 Tiltak for arbeidssøkarar. Tiltaket varig tilrettelagt arbeid blir budsjettert under post 77 Varig tilrettelagt arbeid. Tilskot til arbeids- og utdanningsreiser blir budsjettert under post 78. Post 79 inneheld utgifter til funksjonsassistanse i arbeidslivet.

Rapport og utvikling

Gjennomføring av arbeidsmarknadstiltak

Tal frå Arbeids- og velferdsdirektoratet viser at det blei gjennomført om lag 56 900 tiltaksplassar per månad i gjennomsnitt i 2023 under kap. 634, post 01 Driftsutgifter og post 76 Tiltak for arbeidssøkarar. Samanlikna med 2022 er det ein nedgang på om lag 4 100 plassar i gjennomsnitt per månad. Det samla talet på plassar i 2023 fordelte seg med om lag 10 800 plassar retta mot ledige og 46 100 plassar til personar med nedsett arbeidsevne. I tillegg kjem tiltaksplassar i varig tilrettelagt arbeid, sjå omtale i eit eige avsnitt nedanfor.

I første halvår 2024 blei det i gjennomsnitt gjennomført i underkant av 65 600 plassar per månad. Av desse var om lag 15 000 plassar for ledige og om lag 50 600 plassar for personar med nedsett arbeidsevne under kap. 634, post 01 Driftsutgifter og post 76 Tiltak for arbeidssøkarar. I første halvår 2024 deltok i gjennomsnitt 4 100 ukrainere i eit arbeidsmarknadstiltak per månad. Det er omtrent 3 200 fleire enn årsgjennomsnittet for 2023.

Dei to mest brukte tiltaka i 2023 under post 76 var oppfølging og arbeidsførebuande trening (AFT). Desse utgjorde til saman om lag 31 pst. av tiltaksplassane. Dei to tiltaka som utgjorde størst andel av kostnadane i kroner under post 76 i 2023, var AFT og midlertidig lønnstilskot, med andelar på rundt 25 og 19 pst. kvar av totale kostnadar.

Samanlikna med 2022 var det ein reduksjon i bruken av midlertidig lønnstilskot på om lag 2 500 plassar i gjennomsnitt per månad i 2023. Andelen tiltaksplassar som gjekk til midlertidig lønnstilskot sank frå om lag 14 pst. til om lag 11 pst i same periode. Nedgangen har samanheng med reduksjonen i løyvinga til arbeidsmarknadstiltak i samband med revidert nasjonalbudsjett for 2022. Frå andre halvår 2023 har bruken av midlertidig lønnstilskot igjen auka, ei utvikling som har fortsett inn i 2024. I første halvår 2024 var det i gjennomsnitt rundt 7 500 deltakarar på midlertidig lønnstilskot, rundt 2 500 deltakarar fleire enn i første halvår 2023.

Formell opplæring gjennom opplæringstiltaket har vore tydelegare vektlagt dei siste åra, særleg fag- og yrkesopplæring. I 2023 blei det gjennomført om lag 4 700 plassar innan fag- og yrkesopplæring på vidaregåande skole-nivå eller høgare yrkesfagleg utdanning. Dette utgjorde om lag 10 pst. av tiltaksplassane under post 76 i 2023, mot 8,4 pst. i 2022.

Oppfølgingstiltaket individuell jobbstøtte (IPS) og forsøket IPS ung er styrkt dei siste åra. Det inneber at fleire med moderate til alvorlege psykiske lidingar og/eller rusmiddelproblem får tilbod om samtidig helsemessig og arbeidsretta oppfølging. Frå inngangen til 2024 til utgangen av juni månad auka talet på deltakarar under 30 år i IPS og i IPS Ung frå 2 130 til om lag 2 280. Totalt har talet på deltakarar i IPS og IPS Ung auka frå om lag 350 deltakarar i gjennomsnitt i 2018 til nær 4 200 deltakarar i snitt per august 2024.

Kvalifiseringsprogrammet rettar seg mot personar som har vesentleg nedsett arbeids- og inntektsevne, og som ikkje har ytingar frå folketrygda eller berre har svært avgrensa ytingar frå folketrygda. Arbeidsmarknadstiltak i statleg eller kommunal regi inngår som viktige element i programmet. Ved utgangen av 2023 deltok 57 pst. av deltakarane i kvalifiseringsprogrammet berre i statlege tiltak. 12 pst. av deltakarane deltok i både statlege og kommunale tiltak, mens 31 pst. deltok i berre kommunale tiltak.

Unge, langtidsledige og innvandrarar frå land utanfor EØS er særleg utsette i arbeidsmarknaden, og deltar oftare i arbeidsmarknadstiltak enn andre. Blant innvandrarar frå land utanfor EØS, arbeidssøkarar under 30 år og langtidsarbeidssøkarar21 deltok høvesvis 22 pst., 20 pst. og 28 pst. på arbeidsmarknadstiltak i 2023, mot 17 pst. blant arbeidssøkarar sett under eitt. I gruppa personar med nedsett arbeidsevne var andelane på tiltak for innvandrarar utanfor EØS-området og unge under 30 år høvesvis 22 pst. og 40 pst. i 2023, samanlikna med 28 pst. for personar med nedsett arbeidsevne samla sett.

Varig tilrettelagt arbeid

Det blei gjennomført om lag 12 900 plassar i gjennomsnitt per månad i varig tilrettelagt arbeid (VTA) i 2023. I første halvåret 2024 blei det gjennomført om lag 13 300 plassar i gjennomsnitt per månad, av desse var om lag 9 500 plassar i førehandsgodkjende verksemder og om lag 3 800 plassar i ordinær verksemd.

Andelen av VTA-plassane som er i ordinær verksemd, har auka gradvis over tid. Ved utgangen av juni 2024 utgjorde plassar i ordinær verksemd 28,5 pst. av alle plassane i VTA, mot 27 pst. i 2023.

Tilskot til arbeids- og utdanningsreiser

I 2023 var det i gjennomsnitt om lag 860 personar som fekk tilskot til arbeids- og utdanningsreiser. Nivået har auka til gjennomsnittleg om lag 910 i første halvåret 2024, og talet er stigande. Arbeids- og utdanningsreiser kan givast til personar som er i ordinært lønt arbeid, irekna dei med varig eller midlertidig lønnstilskot, eller som er i arbeidsretta utdanning.

Funksjonsassistanse i arbeidslivet

I 2023 var det i gjennomsnitt om lag 340 personar som fekk tiltaket funksjonsassistanse i arbeidslivet. Gjennomsnittleg tal på mottakarar har auka til nesten 370 i første halvåret 2024.

Utvikling, kvalitet, resultat

For å betre bruken av arbeidsmarknadstiltaka er det sentralt å vidareutvikle kunnskapen om kva som er god tiltaksbruk. Arbeids- og velferdsdirektoratet formidlar resultat frå evalueringar og analysar av arbeidsmarknadstiltak til rettleiarane i NAV-kontoret, slik at dei kan bruke denne kunnskapen når dei vel tiltak. Arbeids- og velferdsetaten stiller krav til kvalitet og resultat av arbeidsmarknadstiltaka og følger opp dette overfor tiltaksleverandørane.

Ved samanlikning av ulike evalueringar og analysar er det viktig å understreke at det blir nytta ulike utval, metodar og føresetnadar. Det er derfor viktig å søke eit breitt kunnskapsgrunnlag. Det er også viktig å hugse på at alle som er registrert hos Arbeids- og velferdsetaten er forskjellige individ med ulike behov. Det inneber at tiltak som er relativt lite lønnsame på gruppenivå, kan vere lønnsame og effektive for den enkelte brukar.

Arbeidsmarknadstiltak kan ha ei rekke ulike effektar på individnivå og på arbeidsmarknaden. Arbeidsmarknadstiltak har heller ikkje berre direkte verknader for deltakarane, men kan også påverke andre arbeidssøkarar og måten arbeidsmarknaden fungerer på meir generelt. Arbeids- og inkluderingsdepartementet jobbar saman med Arbeids- og velferdsdirektoratet om å utvikle denne kunnskapen.

I 2022 satte regjeringa i gang ein områdegjennomgang av bruken av arbeidsmarknadstiltak. Gjennomgangen blei gjennomført av Oslo Economics, Proba samfunnsanalyse og Frischsenteret, med bistand frå CMS Kluge.22 Gjennomgangen gir systematisert kunnskap om kva tiltak som har god effekt for ulike brukargrupper, og han identifiserer forslag til korleis arbeids- og velferdsforvaltninga kan ta i bruk og utvikle denne kunnskapen i møte med brukarane. Områdegjennomgangen inneheld også ein forenkla samfunnsøkonomisk analyse av utvalde tiltak. Funn frå analysen tilseier at fleire av arbeidsmarknadstiltaka framstår som samfunnsøkonomisk lønnsame. Midlertidig lønnstilskot og utdanning er tiltaka som kjem best ut.

Det blei også satt i gang ei overordna effektevaluering av arbeidsmarknadstiltaka hausten 2022. Oslo Economics og Frischsenteret blei tildelt oppdraget, og sluttrapporten blei levert våren 2024. Evalueringa finner at dei fleste arbeidsmarknadstiltaka har netto samfunnsøkonomisk nytte.23 Som for områdegjennomgangen er det likevel midlertidig lønnstilskot som skil seg ut som det mest samfunnsøkonomiske arbeidsmarknadstiltaket. Sjå nærmare omtale av effektevalueringa og områdegjennomgangen av arbeidsmarknadstiltaka i Meld. St. 33 (2023–2024) En forsterket arbeidslinje.

I løpet av dei siste åra har det også blitt satt i verk fleire ulike evalueringar av enkelttiltak. Desse vil danne grunnlag for vidareutvikling av arbeidsmarknadstiltaka.

I 2023 gjennomførte bl.a. Oslo Economics ei kvalitativ undersøking av arbeidsmarknadstiltaket arbeidstrening, medan dei gjennomførte ei effektevaluering av tiltaket i 2024.24 Evalueringa indikerer at arbeidstrening gir positive effektar på overgang til arbeid. Vidare har Proba samfunnsanalyse gjennomført ei evaluering av varig lønnstilskot i 2023.25 Eit hovudfunn frå evalueringa er at varig lønnstilskudd framstår som klart samfunnsøkonomisk lønnsamt. Samtidig blir det peikt på behov for å betre kvaliteten på forvaltninga av tiltaket.

Eit anna tiltak som har vore evaluert i 2023 er arbeidsførebuande trening.26 Frischsenteret og Proba samfunnsanalyse, som har gjennomført evalueringa, konkluderer med at arbeidsførebuande trening har positiv effekt på overgang til arbeid og utdanning. Dei siste studiane av tiltaket viser likevel nokre forskjellige resultat og funn. I Meld. St. 33 (2023–2024) En forsterket arbeidslinje blir det vurdert endringar som kan auke nytten av arbeidsførebuande trening.

Vidare har Oslo Economics og Frischsenteret på oppdrag frå Arbeids- og velferdsdirektoratet, utarbeidd ei anbefaling om korleis Arbeids- og velferdsetaten betre kan måle om dei lykkast med å få arbeidsledige og personar med nedsett arbeidsevne i arbeid. Sjå nærmare omtale under programkategori 09.10 Administrasjon av arbeids- og velferdspolitikken.

Forsøk med lønnstilskot

I Meld. St. 33 (2023–2024) En forsterket arbeidslinje varslar regjeringa to forsøk med lønnstilskot for å legge til rette for auka bruk av arbeidsmarknadstiltak i ordinært arbeidsliv. Det eine er eit fireårig lønnstilskot for utsette unge som står i fare for å bli uføretrygda, eller som allereie er uføretrygda. Det andre tar sikte på å etablere eit forsøk med auka bruk av lønstilskot i utvalde kommunar. Kommunane er store arbeidsgivarar, og fleire vil trenge arbeidskraft i tida framover. Forsøket skal gi fleire som står utanfor arbeidslivet moglegheiter for å jobbe, enten i nye kommunale stillingar som eit resultat av oppgåvedeling, eller i allereie etablerte stillingar. Begge forsøka vil bli utgreia vidare. Forsøket med fireårig lønstilskot krev forskriftsendringar, medan forsøket i kommunane kan gjennomførast innafor gjeldande regelverk. Korleis forsøket med økt bruk av lønnstilskot i kommunane kan leggjast til rette vil bl.a. bli drøfta i samråd med KS– kommunesektoren si interesseorganisasjon. Arbeids- og inkluderingsdepartementet vil hausten 2024 gå i gang med førebuinga av forsøka.

Budsjettforslag 2025

I 2023 sto om lag 620 000 personar i alderen 20–66 år utanfor arbeid, utdanning og arbeidsmarknadstiltak, ifølge tal frå Statistisk sentralbyrå. Talet på personar registrert med nedsett arbeidsevne har auka sidan 2019, og utgjer i gjennomsnitt 227 000 personar ved utgangen av august 2024. Dette er personar Arbeids- og velferdsetaten har konkludert med at har behov for betydeleg oppfølging og støtte for å skaffe eller behalde arbeid. Sjølv om arbeidsløysa har vore låg dei siste åra, har talet på registrerte med nedsett arbeidsevne auka. Høva deira til å komma i arbeid blir i mindre grad påverka av dei økonomiske konjunkturane enn for andre arbeidssøkarar. Det er heller andre forhold som svake kvalifikasjonar, lågt utdanningsnivå eller helseproblem som utgjer barrierane for å komme i jobb. For å få fleire i arbeid og færre på trygd varsla regjeringa i Meld. St. 33 (2023–2024) En forsterket arbeidslinje at bruken av arbeidsmarknadstiltak skulle trappast opp og forbetrast. Sentralt i dette står å gi fleire moglegheit til å delta i arbeidsmarknadstiltak. Regjeringa foreslår derfor at løyvinga til arbeidsmarknadstiltak, inkludert personellressursar i etaten, blir styrkt med 468 mill. kroner i 2025 samanlikna med Saldert budsjett 2024. Løyvinga til tilskot til arbeids- og utdanningsreiser og funksjonsassistanse i arbeidslivet blir styrkt med til saman 32 mill. kroner i 2025 samanlikna med Saldert budsjett 2024.

Varig tilrettelagt arbeid, inkludert personellressursar i etaten, blir foreslått styrkt med 73,5 mill. kroner samanlikna med Saldert budsjett 2024.

Berekningsteknisk gir løyvinga under kap. 634, post 01 Driftsutgifter og post 76 Tiltak for arbeidssøkarar, rom for å gjennomføre om lag 65 900 plassar i 2025. Det er 5 800 fleire tiltaksplassar enn berekna nivå for 2024. Auken skriv seg frå styrkt løyving og ei endring i samansetninga av tiltak samanlikna med anslaget som ligg til grunn for 2024.

Kva tiltakstypar som bør veljast, kjem an på kva som er mest tenleg for den enkelte. Prisane på tiltaka varierer. I tillegg kan samansettinga av arbeidssøkarane og behova deira vise seg å avvike frå det som er lagt til grunn for årets budsjett. Det realiserte tiltaksnivået vil derfor avvike frå det som berekningsteknisk er lagt til grunn for løyvinga.

Beregningsteknisk gir løyvinga under kap. 634, post 77 Varig tilrettelagt arbeid rom for å gjennomføre om lag 14 200 plassar i 2025.

Budsjettforslaget blir omtalt nærmare nedanfor under dei enkelte postane.

Post 01 Driftsutgifter

Oppfølgingstenester i Arbeids- og velferdsetatens eigenregi omfattar arbeid med støtte (utvida oppfølging) og individuell jobbstøtte og er heimla i forskrift om oppfølgingstiltak i Arbeids- og velferdsetatens egenregi.

Ein jobbspesialist utfører oppfølginga. I samband med individuell jobbstøtte samarbeider jobbspesialisten og helsetenesta for å hjelpe personar med moderate til alvorlege psykiske lidingar og/eller rusproblem ut i arbeid.

I 2021 blei det sett i verk forsøk med IPS ung for personar under 30 år med samansette psykiske problem og/eller rusutfordringar. Målet er at fleire i målgruppa får arbeidsretta oppfølging i kombinasjon med behandling frå helsetenesta, gjennomfører utdanning og kjem over i ordinært arbeid.

Innsatsen frå Arbeids- og velferdsetaten i form av arbeid med støtte og individuell jobbstøtte under kap. 634, post 01, inngår i det samla tiltaksnivået, jf. omtale ovanfor.

Regjeringa foreslår å styrke løyvinga til oppfølgingstenester i Arbeids- og velferdsetatens eigenregi med 85 mill. kroner i 2025. Styrkinga gir grunnlag for å auke innsatsen med individuell jobbstøtte. Det skal bidra til at fleire med psykiske lidingar og/eller rusproblem får tilbod om oppfølging og kan delta i arbeidslivet. Vidare vil styrkinga også gi grunnlag for at fleire NAV-kontor kan tilby arbeid med støtte i Arbeid- og velferdsetatens eigenregi.

Regjeringa foreslår også å flytte 15 mill. kroner frå Helse- og omsorgsdepartementets tilskotsordning arbeid og psykisk helse, over til kap. 634, post 01. Endringa skyldast endringar i tilskotsposten og at regjeringa vil sikre at midlane framleis går til jobbspesialistar i IPS.

For 2025 er det foreslått ei løyving på 703,8 mill. kroner.

For å sikre nødvendig fleksibilitet i gjennomføringa av arbeidsmarknadstiltaka foreslår regjeringa følgande omdisponeringsfullmakt:

Fullmakt til å omdisponere midlar frå kap. 634, post 01, til kap. 634, post 76

Regjeringa foreslår at Arbeids- og inkluderingsdepartementet får fullmakt til å omdisponere inntil 10 pst. av løyvinga under kap. 634, post 01 Driftsutgifter, til kap. 634, post 76 Tiltak for arbeidssøkarar, for å sikre fleksibilitet, jf. forslag til romartalsvedtak.

Post 21 Forsøk med tilrettelagd vidaregåande opplæring, kan overførast

Posten omfattar midlar til forsøk med ei tilskotsordning som skal støtte opp under tilrettelagd fag- og yrkesopplæring for Arbeids- og velferdsetatens brukarar. Forsøket blei starta opp i 2023 og har ei ramme på fem år.

Mange arbeidssøkarar som er i kontakt med Arbeids- og velferdsetaten, har ikkje fullført vidaregåande opplæring. Dei har auka risiko for å bli ståande utanfor arbeidslivet. Formålet med forsøksmidlane er å stimulere til eit utvida, lokalt samarbeid mellom Arbeids- og velferdsetaten og fylkeskommunen om gjennomføring av fag- og yrkesopplæring som er betre tilpassa brukarane til Arbeids- og velferdsetaten, og som inkluderer verkemidla til både Arbeids- og velferdsetaten og fylkeskommunen.

Midlane skal bidra til å dekke tenester som kjem i tillegg til det som vanlegvis inngår i ordinære skoleløp i vidaregåande opplæring, men som mange arbeidssøkarar treng for å kunne fullføre opplæringa. Forsøksmidlane skal vidare kunne dekke administrative kostnader ved tverrsektorielt samarbeid. Forsøket blir evaluert.

For 2025 er det foreslått ei løyving på 51,9 mill. kroner.

Post 76 Tiltak for arbeidssøkarar, kan overførast

Dei fleste tiltaka som er omtalte i boks 6.3, samt tiltakspengar, blir finansierte over kap. 634, post 76.

Arbeids- og velferdsetaten skal nytte tiltaksløyvinga best mogleg ut frå situasjonen i arbeidsmarknaden og behova til den enkelte. Nokre grupper kan vere særleg utsette i arbeidsmarknaden, som unge, personar som har vore lenge ledige, og innvandrarar frå land utanfor EØS-området. Den sistnemnde gruppe inkluderer også fordrivne frå Ukraina.

Regjeringa foreslår å styrke tiltaksløyvinga med 295,6 mill. kroner i 2025. Styrkinga vil gi fleire moglegheit til å delta i arbeidsmarknadstiltak. Som følge av fleire tiltaksdeltakarar i 2025 foreslår regjeringa også å auke driftsløyvinga til Arbeids- og velferdsetaten. Sjå nærmare omtale under kap. 605, post 01.

Forslaget om å styrke innsatsen med oppfølgingstenester i Arbeids- og velferdsetatens eigenregi, vil gi fleire tiltaksdeltakarar med krav på tiltakspengar. Regjeringa foreslår derfor å auke tiltaksløyvinga med 15,3 mill. kroner i 2025.

For 2025 er det foreslått ei løyving på 8 384,6 mill. kroner.

I tillegg til løyvinga i 2025 kjem behovet for tilsegnsfullmakter på 3 138 mill. kroner, jf. forslag til romartalsvedtak. Desse tilsegnsfullmaktene er knytte til tiltaksplassar som blir gjennomførte i 2025, men der kostnadene kjem til utbetaling i 2026, og til å halde ved lag tiltaksaktiviteten over årsskiftet 2025–2026.

For å sikre nødvendig fleksibilitet og god ressursutnytting i gjennomføringa av arbeidsmarknadstiltaka foreslår regjeringa følgande omdisponeringsfullmakter:

Fullmakt til å omdisponere midlar frå kap. 634, post 01, til kap. 634, post 76

Vi viser til omtale under kap. 634, post 01 Driftsutgifter.

Fullmakt til å omdisponere midlar frå kap. 634, post 76, til kap. 634, post 79

Vi viser til omtale under kap. 634, post 79 Funksjonsassistanse i arbeidslivet.

Fullmakt til å omdisponere midlar frå kap. 634, post 77, til kap. 634, post 76

Vi viser til omtale under kap. 634, post 77 Varig tilrettelagt arbeid.

Fullmakt til å omdisponere midlar frå kap. 634, post 76, til kap. 634, post 78

Vi viser til omtale under kap. 634, post 78 Tilskot til arbeids- og utdanningsreiser.

Post 77 Varig tilrettelagd arbeid, kan overførast

Varig tilrettelagt arbeid (VTA) er eit tiltak for personar som får eller i nær framtid er venta å få innvilga uføretrygd, og som har behov for spesiell tilrettelegging og tett oppfølging. Tiltaket tilbyr tilrettelagde arbeidsplassar i førehandsgodkjende eller ordinære verksemder. Tiltaket blir finansiert gjennom tilskot etter faste satsar.

For 2025 blir det foreslått å styrke løyvinga med 53,9 mill. kroner. Forslaget gir rom for å opprette om lag 500 nye plassar i VTA i 2025. Styrkinga er i tråd med opptrappingsplanen for VTA (2024–2027) som regjeringa la fram i statsbudsjettet for 2024.

I tillegg auker det berekningstekniske talet på plassar med ytterlegare 500 i 2025 samanlikna med Saldert budsjett 2024. Dette kjem av at den berekningstekniske fordelinga mellom førehandsgodkjende og ordinære verksemder er oppdatert, frå det som var lagt til grunn i saldert budsjett for 2024.

Samla gir forslaget rom for å gjennomføre om lag 14 200 plassar i VTA i 2025.

Prisen per tiltaksplass varierer mellom VTA i førehandsgodkjende verksemder og VTA i ordinære verksemder. Fordelinga mellom VTA i førehåndsgodkjende verksemder og ordinære verksemder skal reflektere behova til brukarene, og det gjennomførte tiltaksnivået kan derfor avvike frå det tiltaksnivået som berekningsteknisk ligg til grunn for løyvinga.

For 2025 er det foreslått ei løyving på 2 222,1 mill. kroner.

I tillegg til løyvinga i 2025 kjem eit behov for tilsegnsfullmakter på 1 266 mill. kroner, jf. forslag til romartalsvedtak. Desse tilsegnsfullmaktene er knytte til tiltaksplassar som blir gjennomførte i 2025, men der kostnadene kjem til utbetaling i 2026, og til å halde ved lag tiltaksaktiviteten over årsskiftet 2025–2026.

For å sikre nødvendig fleksibilitet og god ressursutnytting i gjennomføringa av arbeidsmarknadstiltaka foreslår regjeringa følgande omdisponeringsfullmakt:

Fullmakt til å omdisponere midlar frå kap. 634, post 77, til kap. 634, post 76

Regjeringa foreslår at Arbeids- og inkluderingsdepartementet får fullmakt til å omdisponere inntil 10 pst. av løyvinga under kap. 634, post 77 Varig tilrettelagt arbeid, til kap. 634, post 76 Tiltak for arbeidssøkarar, jf. forslag til romartalsvedtak.

Post 78 Tilskot til arbeids- og utdanningsreiser

Tilskot til arbeids- og utdanningsreiser skal bidra til at personar som har vanskar med å flytte på seg på grunn av nedsett funksjonsevne, kan vere i ordinært arbeid eller gjennomføre arbeidsretta utdanning. Tilskotet kan givast til personar som er i ordinært arbeid, eller som gjennomfører arbeidsretta utdanning for å skaffe seg eller behalde ordinært arbeid.

Regjeringa foreslår å styrke løyvinga til tilskot til arbeids- og utdanningsreiser med 20 mill. kroner i 2025. Styrkinga skal bidra til å integrere fleire med nedsett funksjonsevne i arbeidsmarknaden.

For 2025 er det foreslått ei løyving på 114,2 mill. kroner.

For å sikre nødvendig fleksibilitet i gjennomføringa av ordninga med arbeids- og utdanningsreiser foreslår regjeringa følgande omdisponeringsfullmakt:

Fullmakt til å omdisponere midlar frå kap. 634, post 76, til kap. 634, post 78

Regjeringa foreslår at Arbeids- og inkluderingsdepartementet får fullmakt til å omdisponere eit beløp frå kap. 634, post 76 Tiltak for arbeidssøkarar, til kap. 634, post 78 Tilskot til arbeids- og utdanningsreiser, på inntil 10 pst. av løyvinga under kap. 634, post 78, jf. forslag til romartalsvedtak.

Post 79 Funksjonsassistanse i arbeidslivet

Funksjonsassistanse kan givast til yrkesaktive personar som har omfattande fysiske funksjonsnedsettingar, og til blinde og sterkt svaksynte. Funksjonsassistanse må vere nødvendig for at personane skal kunne vere i ordinært lønt arbeid. Ordninga inneber ein lønt assistent som hjelper den enkelte med praktiske formål i arbeidssituasjonen. Assistenten skal ikkje utføre dei ordinære arbeidsoppgåvene arbeidstakaren har.

Regjeringa foreslår å styrke løyvinga til funksjonsassistanse i arbeidslivet med 12 mill. kroner i 2025. Styrkinga skal bidra til at fleire med nedsett funksjonsevne kan delta i arbeidsmarknaden.

For 2025 er det foreslått ei løyving på 142 mill. kroner.

I tillegg til denne løyvinga i 2025 kjem eit behov for tilsegnsfullmakter på 65,7 mill. kroner, jf. forslag til romartalsvedtak. Desse tilsegnsfullmaktene er knytte til funksjonsassistanse som blir gitt i 2025, men der kostnadene kjem til utbetaling i 2026, og til å halde ved lag aktiviteten over årsskiftet 2025–2026. Som følge av ordninga med tilsegnsfullmakter foreslår regjeringa at posten får stikkordet «kan overførast».

For å sikre nødvendig fleksibilitet i gjennomføringa av funksjonsassistanse i arbeidslivet foreslår regjeringa følgande omdisponeringsfullmakt:

Fullmakt til å omdisponere midlar frå kap. 634, post 76, til kap. 634, post 79

Regjeringa foreslår at Arbeids- og inkluderingsdepartementet får fullmakt til å omdisponere eit beløp frå kap. 634, post 76 Tiltak for arbeidssøkarar, til kap. 634, post 79 Funksjonsassistanse i arbeidslivet, på inntil 10 pst. av løyvinga under kap. 634, post 79, jf. forslag til romartalsvedtak.

Kap. 3634 Arbeidsmarknadstiltak

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2023

Saldert budsjett 2024

Forslag 2025

85

Innfordring av feilutbetaling, arbeidsmarknadstiltak

6 588

5 000

5 000

Sum kap. 3634

6 588

5 000

5 000

Budsjettforslag 2025

Post 85 Innfordring av feilutbetalingar, arbeidsmarknadstiltak

Inntektene under post 85 kjem frå avrekningar frå andre ytingar til enkelte tiltaksdeltakarar.

For 2025 er det foreslått ei løyving på 5 mill. kroner.

Kap. 635 Ventelønn

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2023

Saldert budsjett 2024

Forslag 2025

01

Driftsutgifter, overslagsløyving

1 774

1 400

100

Sum kap. 635

1 774

1 400

100

Hovudtrekk ved regelverket

Ventelønnsordninga gav tenestemenn som blei sagde opp utan eiga skyld, rett til ventelønn dersom bestemte vilkår var oppfylte. Verksemdene måtte sjølve dekke ventelønnskostnadene gjennom refusjonsplikt. Arbeids- og velferdsetaten bereknar og betaler ut ventelønna.

Ventelønnsordninga blir fasa ut med verknad frå 1. mars 2016. Personar som før dette tidspunktet hadde fått utløyst retten til ventelønn, vil framleis ha desse rettane i samsvar med tidlegare regelverk.

Rapport

Dei siste åra har det blitt betydeleg færre mottakarar av ventelønn. Frå 2022 til 2023 gjekk det gjennomsnittlege talet på mottakarar gjennom året ned frå 11 til 9 personar. Utbetalingane gjekk ned frå om lag 2,3 mill. kroner i 2022 til om lag 1,8 mill. kroner i 2023. Dei fleste mottakarane går ut den maksimale stønadsperioden, som oftast til dei fyller 67 år. Dagens ventelønnsmottakarar er alle 60 år eller eldre.

Ved utgangen av første halvåret 2024 var det berre eit fåtal personar som fekk utbetaling frå ventelønnsordninga. Dei siste mottakarane vil gå ut av ordninga i 2025.

Budsjettforslag 2025

Post 01 Driftsutgifter, overslagsløyving

For 2025 er det foreslått ei løyving på 0,1 mill. kroner.

Kap. 3635 Ventelønn m.m.

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2023

Saldert budsjett 2024

Forslag 2025

01

Refusjon statleg verksemd m.m.

1 947

1 400

100

Sum kap. 3635

1 947

1 400

100

Budsjettforslag 2025

Post 01 Refusjon statleg verksemd m.m.

Under posten blir det ført refusjonspliktige inntekter frå statlege arbeidsgivarar.

For 2025 er det foreslått ei løyving på 0,1 mill. kroner.

Programkategori 09.40 Arbeidsmiljø og sikkerheit

Utgifter under programkategori 09.40 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2023

Saldert budsjett 2024

Forslag 2025

Endring i pst.

640

Arbeidstilsynet

864 426

878 310

920 780

4,8

643

Statens arbeidsmiljøinstitutt

166 740

173 450

180 040

3,8

646

Pionerdykkarar i Nordsjøen

3 065

1 325

1 250

-5,7

648

Arbeidsretten, Riksmeklaren m.m.

30 197

29 445

30 200

2,6

Sum kategori 09.40

1 064 428

1 082 530

1 132 270

4,6

Utgifter under programkategori 09.40 fordelte på postgrupper

(i 1 000 kr)

Post-gr.

Nemning

Rekneskap 2023

Saldert budsjett 2024

Forslag 2025

Endring i pst.

01–29

Statens eigne driftsutgifter

892 580

905 625

948 770

4,8

50–89

Overføringar til andre

171 848

176 905

183 500

3,7

Sum kategori 09.40

1 064 428

1 082 530

1 132 270

4,6

Ansvarsområdet

Arbeidsmiljø- og sikkerheitsområdet omfattar arbeidsrett, arbeidsmiljø og sikkerheit i norsk landbasert arbeidsliv. Arbeidsmiljø- og sikkerheitsmyndigheitene har ansvaret for å forvalte arbeidsmiljølova, med tilhøyrande forskrifter, og arbeidstvistlovgivinga. Forvaltningsansvaret inkluderer også bl.a. regelverk for medråderett i selskapslovgivinga, ferielova og lønnsnemndlova. På arbeidsmiljø- og sikkerheitsområdet har departementet etatsstyringsansvar for Arbeidstilsynet (kap. 640) og Statens arbeidsmiljøinstitutt (kap. 643) og administrativt ansvar for Riksmeklaren (kap. 648) og Arbeidsretten (kap. 648).

Målbildet på arbeidsmiljø- og sikkerheitsområdet omfattar bl.a. tilknytingsformer, førebyggande arbeidsmiljøarbeid og innsatsen mot sosial dumping og arbeidslivskriminalitet, jf. også omtalen under punkt 6.2 Eit sikkert og seriøst arbeidsliv.

Hovudstrategien til myndigheitene for å nå måla er å støtte opp under arbeidsgivaransvaret og bidra til at verksemdene driv systematisk og førebyggande helse-, miljø- og sikkerheitsarbeid og sørger for lovlege arbeidsforhold. Dette er i samsvar med krava i arbeidsmiljølova om at det er arbeidsgivaren sjølv som skal sørge for eit fullt forsvarleg arbeidsmiljø.

Strategiske verkemiddel

Tilsyn, rettleiing, informasjon og myndigheitssamarbeid

Arbeidstilsynet prioriterer kva bransjar og verksemder innsatsen bør rettast mot, basert på kunnskap om risiko. Valet av verkemiddel tar utgangspunkt i forholda i den aktuelle bransjen, utfordringane til verksemdene og den kunnskapen tilsynet har om kva som vil bidra til mest effektiv påverknad.

Kunnskapsformidling gjennom rettleiing og informasjon er viktige verkemiddel for å bidra til at verksemdene har tilstrekkeleg kunnskap for å kunne arbeide førebyggande med helse, miljø og sikkerheit (HMS).

Samtidig er det viktig at myndigheitene følger opp brot på regelverket med tilsyn og kontroll. I samband med tilsyn i enkeltverksemder kan Arbeidstilsynet nytte ulike reaksjonar dersom det blir avdekt regelverksbrot. Arbeidstilsynet er ein førebyggande etat, der pålegg om å rette opp i forhold for på den måten å bidra til forbetringsarbeid i verksemdene, er sentralt. Regjeringa legg samtidig vekt på at det skal nyttast strenge reaksjonsmiddel som tvangsmulkt og gebyr for brot når det er behov for det, og at reaksjonane må stå i forhold til kor alvorlege og vesentlege brota er.

I kampen mot sosial dumping og arbeidslivskriminalitet blir innsatsen bl.a. retta mot aktuelle aktørar basert på kunnskap frå dei samarbeidande etatane, jf. punkt 6.2 Eit sikkert og seriøst arbeidsliv.

Regelverksutvikling

Regelverket på arbeidsretts-, arbeidsmiljø- og sikkerheitsområdet skal bidra til god HMS-tilstand og gode arbeidsforhold i verksemdene, utan sosial dumping og arbeidslivskriminalitet. Regelverket skal vere brukarvennleg og tilgjengeleg, og det er også eit mål at det er stabilt og føreseieleg. Samtidig må regelverket handtere dei stadige endringane og utfordringane i arbeidslivet. I tråd med EØS-avtalen gjennomfører Noreg bl.a. EU-direktivet om arbeidsrett og arbeidsmiljø. Både rettspraksis og regelverksendringar i EU påverkar behovet for regelverksutvikling på feltet.

Kunnskapsutvikling

Det er store og samansette kunnskapsbehov knytte til områda arbeidsrett, arbeidsmiljø, arbeidshelse og sikkerheit. Oppdatert kunnskap om risikoforhold og årsakssamanhengar mellom arbeid og helse er avgjerande både for at verksemdene og partane i arbeidslivet skal kunne følge opp det ansvaret dei har for å førebygge helseskadar og vareta arbeidstakarane, og for at myndigheitene skal kunne følge opp sitt ansvar og sine oppgåver.

Arbeids- og inkluderingsdepartementet varetar det overordna sektoransvaret for forsking på området arbeidsvilkår, arbeidsrett, arbeidsmiljø og sikkerheit gjennom tre sentrale strategiske verkemiddel: gjennom Statens arbeidsmiljøinstitutt (STAMI, kap. 643), gjennom relevante forskingsprogram i Noregs forskingsråd (kap. 601) og dessutan gjennom målretta FoU-oppdrag knytte til den forskinga departementet har behov for i samband med politikkutforming og forvaltning (kap. 601).

Partssamarbeid

Den norske arbeidslivsmodellen, med bl.a. eit omfattande partssamarbeid, er ein av føresetnadene for dei gode resultata som er oppnådde med eit velfungerande arbeidsliv, eit godt arbeidsmiljø, låg arbeidsløyse samanlikna med andre europeiske land og høg yrkesdeltaking.

Regjeringa vil legge til rette for eit organisert arbeidsliv med høg organisasjonsgrad og eit velfungerande trepartssamarbeid. Partssamarbeidet er eitt av fleire verkemiddel i kampen mot useriøsitet, sosial dumping og arbeidslivskriminalitet.

Kap. 640 Arbeidstilsynet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2023

Saldert budsjett 2024

Forslag 2025

01

Driftsutgifter

845 979

859 900

901 670

21

Spesielle driftsutgifter, regionale verneombod

18 447

18 410

19 110

Sum kap. 640

864 426

878 310

920 780

  • Overført frå 2023 til 2024:

  • Post 01: 10 348 000 kroner

Allmenn omtale

Arbeidstilsynet skal legge premissane for og følge opp at verksemdene held eit høgt nivå med omsyn til helse, arbeidsmiljø og sikkerheit. På eit fagleg og sjølvstendig grunnlag skal tilsynet følge opp at verksemdene varetar ansvaret sitt etter arbeidsmiljølovgivinga, allmenngjeringslovgivinga og anna relevant regelverk som ligg til myndigheita Arbeidstilsynet har.

Regjeringa foreslår at Arbeidstilsynet frå 2024 blir styrkt med 18 mill. kroner for å auke kapasiteten i innsatsen mot useriøsitet og sosial dumping, jf. del I, punkt 2.2 Satsingar og hovudprioriteringar.

Tilsynsmyndigheita til Arbeidstilsynet omfattar meir enn 220 000 verksemder med om lag 2,8 millionar tilsette i det landbaserte arbeidslivet. Den utoverretta aktiviteten til etaten er kunnskaps- og risikobasert. Dette inneber at innsatsen frå Arbeidstilsynet er retta mot næringane, yrka og verksemdene der det er størst risiko for arbeidsrelaterte helsebelastningar, useriøsitet og alvorlege brot på arbeidsmiljølova.

Arbeidstilsynet er også sekretariat for Rikslønnsnemnda, Tariffnemnda og Tvisteløysingsnemnda, som er eigne forvaltningsorgan.

Arbeidstilsynet består av eit direktorat og ein ytre etat som utgjer det lokale arbeidstilsynet. Arbeidstilsynet disponerte 753 årsverk i 2023, jf. også likestillingsomtalen i del III.

Rapportering, strategiar og tiltak for 2024

Innsatsen til Arbeidstilsynet bidrar både til at det førebyggande arbeidet i verksemdene blir betra, at verksemdene sørger for forsvarlege arbeidsforhold, og at fleire kriminelle aktørar blir avdekte og stansa eller får redusert handlingsrom. Dette vil kunne bidra til målet om eit sikkert og seriøst arbeidsliv, medrekna å hindre fråfall og auke inkluderinga. Slik kan det også bidra til målet om å redusere sjukefråvær og fråfall frå arbeidslivet.

Det er viktig at Arbeidstilsynet er synlege og nærverande i arbeidslivet. Det viktigaste verkemiddelet deira er tilsyn, og den mest brukte reaksjonen deira er pålegg til verksemdene om å utbetre påpeikte forhold. I 2023 blei det gjennomført nesten 13 000 tilsyn, og det blei avdekt brot i fleire tilsyn enn tidlegare år. Ei kunnskapsoppsummering frå STAMI viser at pålegg om å rette opp brot på regelverket fører til betre etterleving hos dei aller fleste kontrollerte verksemdene. Pålegg er såleis ein særs effektiv reaksjon i veldig mange tilfelle.

Arbeidstilsynet rår også over andre verkemiddel når dei følger opp verksemder, for eksempel rettleiing og kunnskapsformidling, regelverksutvikling, og godkjenningsordningar. Etaten skal nytte det verkemiddelet som har størst effekt basert på den kunnskapen dei har om forholda i arbeidslivet.

I tida framover skal Arbeidstilsynet gjennomføre fleire tilsyn og vere meir til stades og synlege, og på den måten påverke fleire direkte. Fleire og meir treffsikre tilsyn vil også kunne føre til meir bruk av strenge reaksjonar i dei mest alvorlege sakene. For å komme dit må Arbeidstilsynet effektivisere arbeidsprosessane sine og metodikken sin, for eksempel gjennom å bruke meir digitalisering i delar av prosessane.

Arbeidstilsynet har også eit forpliktande strategisk og operativt samarbeid med andre myndigheiter, også internasjonalt, og dei samhandlar med partane i arbeidslivet og bransjeorganisasjonar.

Innsats for betre førebyggande arbeid i verksemdene

I delar av arbeidslivet er det verksemder som ikkje i tilstrekkeleg grad arbeider systematisk og førebyggande med kjende og til dels alvorlege arbeidsmiljøutfordringar. Primærnæringane, helse og sosial, bygg og anlegg, industri, transport og overnatting/servering er eksempel på næringar med høg førekomst av ulike arbeidsmiljøeksponeringar.27 Arbeidstilsynet erfarer at særleg små verksemder kan ha mangelfulle risikovurderingar, og utfordringane varierer både mellom yrke og bransjar og frå arbeidsplass til arbeidsplass. Arbeidstilsynet samarbeider tett med STAMI for å sikre ei oppdatert og kunnskapsbasert tilstandsvurdering og risikobilde. Kva verkemiddel Arbeidstilsynet vel, avheng bl.a. av kva som er arbeidsmiljøutfordringane i den aktuelle verksemda, og kor omfattande, komplekse og alvorlege utfordringane er. I tillegg avheng det av kva kunnskap, motivasjon og ressursar verksemda har til å forbetre arbeidsmiljøet.

Arbeidsmiljø handlar om innhaldet i arbeidet og korleis verksemdene organiserer, planlegg og gjennomfører arbeidet på den enkelte arbeidsplassen. Førebygging er eit langsiktig og kontinuerleg arbeid, der bl.a. kunnskapen og samarbeidet til arbeidsgivarane og arbeidstakarane om systematisk førebyggande arbeid er viktige faktorar for å lykkast. Arbeidstilsynet vil i samarbeid med STAMI, Arbeids- og velferdsetaten og Havindustritilsynet arbeide vidare med arbeidsmiljøsatsinga. Vi viser til nærmare omtale av verkemidla under IA-avtalen under punkt 6.3 Redusere sjukefråvær og fråfall frå arbeidslivet.

Innsats mot sosial dumping og useriøsitet

Arbeidstilsynet følger opp at verksemdene oppfyller krava frå arbeidstakarane til lønns- og arbeidsvilkår, innkvartering og sikkerheit, spesielt i næringar med ein høg andel utanlandske arbeidstakarar og i næringar med allmenngjord lønn. Arbeidstilsynet følger også opp at verksemdene varetar ansvaret sitt for å etterleve vilkåra for innleige.

Arbeidstilsynet nyttar ulike verkemiddel for å bidra til at verksemdene har seriøse og anstendige arbeidsvilkår. I dette inngår bl.a. tilsyn, rettleiing om rettar og plikter i arbeidsforhold, bl.a. gjennom Servicesentera for utanlandske arbeidstakarar (SUA), og dessutan målretta informasjonstiltak og kampanjar retta mot utanlandsk arbeidskraft. Arbeidstilsynet forvaltar fleire godkjenningsordningar og register som bidrar til større seriøsitet, bl.a. godkjenningsordning for reinhaldsverksemder, godkjenningsordning for verksemder som tilbyr tenester innanfor manuell bilpleie, hjulskift og hjullagring, og godkjenningsordning for bemanningsføretak. Desse skal bidra til at verksemder som tilbyr slike tenester, varetar krav til seriøse lønns- og arbeidsvilkår for arbeidstakarane sine, og at det blir enklare for kjøparar av tenester og innleigarar å velje seriøse leverandørar.

Allmenngjeringsordninga bidrar til å hindre sosial dumping og konkurransevriding. Tilsyn og reaksjonar forsterkar denne effekten fordi dei gjer det meir sannsynleg at brot på regelverket blir oppdaga. Arbeidstilsynet fører tilsyn med informasjonsplikta og påseplikta til bestillarar og oppdragsgivarar, og følger opp om offentlege oppdragsgivarar etterlever krava til kontroll og oppfølging av lønns- og arbeidsvilkår ved anskaffingar.

I treparts bransjeprogram for transport, reinhald, uteliv og bil har Arbeidstilsynet, saman med partane i arbeidslivet, gjennomført fleire rettleiings- og informasjonstiltak for å auke kunnskapen om arbeidsmiljøutfordringar og førebygge useriøsitet i desse bransjane. Treparts bransjeprogram er eit viktig tiltak i kampen mot useriøsitet, sjå også omtale under punkt 6.2 Eit sikkert og seriøst arbeidsliv.

Innsats mot arbeidslivskriminalitet

Arbeidslivskriminalitet er framleis ei utfordring i delar av arbeidslivet, og innsatsen krev eit breitt samarbeid mellom ulike myndigheiter.

Arbeidstilsynet samarbeider med politiet, Skatteetaten og Arbeids- og velferdsetaten bl.a. i a-krimsentera. Samarbeidet er viktig for å bygge felles kunnskap som grunnlag for å prioritere innsatsen, avdekke kriminelle aktørar og nettverk, gjennomføre kontrollar, og for å kunne følge opp verksemder og aktørar med eit breitt sett av verkemiddel og sanksjonar. Det tverretatlege samarbeidet mellom etatane er også eit av dei sentrale tiltaka i regjeringa sin handlingsplan mot sosial dumping og arbeidslivskriminalitet.

I tillegg til samarbeidet i a-krimsentera er det etablert operativt samarbeid fleire andre stader i landet. Gjennom a-krimsamarbeidet er det også eit breitt samarbeid med andre aktuelle myndigheiter.

Arbeidstilsynet har samarbeidsavtalar med tilsynsmyndigheitene i Estland, Litauen, Latvia, Polen, Romania og Bulgaria. Formålet med avtalane er å samarbeide om tiltak på kontrollsida, og informasjons- og rettleiingssida, slik som felles samordna kontrollar for å gjere det vanskelegare for utanlandske aktørar å utføre arbeidslivskriminalitet i Noreg. På same måte har Arbeidstilsynet eit tett samarbeid med European Labour Authority (ELA) knytt til kunnskapsdeling, tilsynsverktøy og informasjonstiltak.

Flyktningar frå Ukraina som er i arbeid i Noreg, kan vere utsette for useriøsitet, sosial dumping og arbeidslivskriminalitet. Arbeidstilsynet har høg tilsynsaktivitet i dei delane av norsk arbeidsliv som har auka risiko for utnytting av sårbar arbeidskraft, irekna flyktningar frå Ukraina.

For meir informasjon om utfordringar, strategiar og tiltak knytte til innsatsen for eit sikkert og seriøst arbeidsliv viser vi til omtale under punkt 6.2 Eit sikkert og seriøst arbeidsliv.

Budsjettforslag 2025

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga dekker lønns- og driftsutgifter til Arbeidstilsynet. Dette skal bl.a. finansiere tilsyn, rettleiing, kunnskapsutvikling og informasjon, behandling av søknader, dispensasjonar, regelverksarbeid og internasjonalt arbeid.

For 2025 foreslår regjeringa ei løyving på 901,7 mill. kroner, noko som samla sett inneber ei endring på 41,8 mill. kroner frå saldert budsjett for 2024, inkludert pris- og lønnsjusteringar.

Regjeringa foreslår å redusere driftsløyvinga til Arbeidstilsynet med 0,7 mill. kroner som følge av gevinstrealisering knytt til reduserte leigekostnader for statlege verksemder.

Regjeringa foreslår å styrke løyvinga med 18 mill. kroner til Arbeidstilsynet. Styrkinga inneber auka tilsynsoppfølging og kontroll av useriøsitet og sosial dumping, jf. del I, punkt 2.2 Satsingar og hovudprioriteringar.

Regjeringa foreslår at løyvinga under kap. 640, post 01, kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3640, post 06 og post 07, jf. forslag til romartalsvedtak.

Post 21 Spesielle driftsutgifter, regionale verneombod

Løyvinga dekker kostnader som Arbeidstilsynet har ved å administrere ordninga med regionale verneombod i overnattings- og serveringsverksemdene og reinhaldsbransjen.

Regjeringa foreslår at løyvinga kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3640, post 08, jf. forslag til romartalsvedtak.

For 2025 er det foreslått ei løyving på 19,1 mill. kroner.

Kap. 3640 Arbeidstilsynet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2023

Saldert budsjett 2024

Forslag 2025

04

Kjemikaliekontroll, gebyr

7 283

5 376

5 580

06

Refusjonar

4 749

3 759

3 902

07

Byggesaksbehandling, gebyr

21 901

24 738

25 678

08

Refusjon utgifter regionale verneombod

18 671

18 698

19 409

85

Tvangsmulkt

13 438

7 175

7 175

86

Gebyr for brot på arbeidsmiljøregelverket

59 797

29 450

29 450

Sum kap. 3640

125 839

89 196

91 194

Post 04 Kjemikaliekontroll, gebyr

Posten omfattar inntekter frå gebyr i samband med kjemikaliekontroll.

For 2025 er det foreslått ei løyving på 5,6 mill. kroner.

Post 06 Refusjonar

Posten omfattar bl.a. refusjonar for midlertidige utlegg og innbetaling av kursavgift der Arbeidstilsynet tar deltakaravgift.

Regjeringa foreslår at Arbeidstilsynet kan overskride løyvinga under kap. 640, post 01, mot tilsvarande meirinntekter under denne posten, jf. forslag til romartalsvedtak.

For 2025 er det foreslått ei løyving på 3,9 mill. kroner.

Post 07 Byggesaksbehandling, gebyr

Posten omfattar gebyrinntekter for tenester Arbeidstilsynet utfører for verksemdene ved byggesaksbehandling, etter arbeidsmiljølova § 18-9.

Regjeringa foreslår at Arbeidstilsynet kan overskride løyvinga under kap. 640, post 01, mot tilsvarande meirinntekter under denne posten, jf. forslag til romartalsvedtak.

For 2025 er det foreslått ei løyving på 25,7 mill. kroner.

Post 08 Refusjon utgifter regionale verneombod

Inntektene under posten er refusjon for utgifter til drift av regionale verneombod som blir administrerte av Arbeidstilsynet. Utgiftene blir førte på kap. 640, post 21.

Regjeringa foreslår at Arbeidstilsynet kan overskride løyvinga under kap. 640, post 21, mot tilsvarande meirinntekter under denne posten, jf. forslag til romartalsvedtak.

For 2025 er det foreslått ei løyving på 19,4 mill. kroner.

Post 85 Tvangsmulkt

Inntektene under posten omfattar innkravd tvangsmulkt som verksemder er blitt ilagde på grunn av manglande oppfølging av pålegg frå Arbeidstilsynet.

For 2025 er det foreslått ei løyving på 7,2 mill. kroner.

Post 86 Gebyr for brot

Posten omfattar inntekter frå gebyr som er blitt ilagde verksemder for brot på arbeidsmiljøregelverket.

For 2025 er det foreslått ei løyving på 29,5 mill. kroner.

Kap. 643 Statens arbeidsmiljøinstitutt

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2023

Saldert budsjett 2024

Forslag 2025

50

Statstilskot

166 740

173 450

180 040

Sum kap. 643

166 740

173 450

180 040

Allmenn omtale

Statens arbeidsmiljøinstitutt (STAMI) er det nasjonale forskingsinstituttet på arbeidsmiljø- og arbeidshelseområdet i Noreg. STAMI skal få fram og foredle kunnskap om arbeidsmiljø og arbeidshelse og formidle denne kunnskapen til heile breidda av norsk arbeidsliv.

STAMI bygger verksemda si på forsking og vitskapleg fagkompetanse, og fordeler ressursinnsatsen mellom forsking, arbeidsmiljøovervaking, arbeidslivsstøttande oppgåver, myndigheitsstøttande funksjonar, undervisning og kunnskapsformidling. STAMI skal bidra til den internasjonale forskingsfronten, hente heim kvalitetssikra kunnskap og omsette og formidle denne til det beste for norsk arbeidsliv. Gjennom dette skal STAMI bidra til kunnskapsbaserte tiltak og prioriteringar i norske verksemder og hos arbeidsmiljømyndigheitene og partane i arbeidslivet.

STAMI forskar på faktorar som kan bidra til å fremme god arbeidshelse, gode arbeidsmiljøforhold og førebygge arbeidsrelatert sjukdom, skade og fråfall frå arbeidslivet. Det faglege nedslagsfeltet til STAMI dekker alle forhold som har noko å seie for arbeidsmiljø og arbeidshelse. Instituttet skal, så langt det er mogleg, dekke det behovet arbeidslivet har for ny kunnskap om arbeidsmiljø- og arbeidsforhold, og har bl.a. ansvaret for å halde ved lag og vidareutvikle kompetanse på forsking om arbeidsrelaterte kjemikalieskader. Innsatsen til instituttet skal støtte opp under arbeidet med å vidareutvikle eit trygt og inkluderande arbeidsliv i Noreg.

Instituttet har eit fagråd med representasjon frå partane i arbeidslivet og arbeidsmiljømyndigheitene.

STAMI disponerte ved inngangen av 2024 om lag 145 årsverk.

Rapportering, tiltak og strategiar for 2025

STAMI bidrar til kvalitetssikra kunnskap om årsakssamanhengar mellom arbeid og helse og arbeidsevne. Sikker kunnskap er viktig for å drive god førebygging og forbetring, særleg i ei tid prega av høg endrings- og omstillingstakt. På arbeidsmiljøområdet er det spesielt viktig med ein uavhengig og partsnøytral premissleverandør av kunnskap med høg vitskapleg standard og tillit.

Den vitskaplege publiseringsaktiviteten ved STAMI var prega av ein solid produksjon i 2023, med 72 vitskaplege artiklar publiserte i fagfellevurderte tidsskrift. 1,8 vitskaplege artiklar per forskarårsverk i 2023 indikerer ein høg kunnskapsproduksjon. Instituttet hadde 64 løpande forskingsprosjekt i 2023, av desse var eitt deltaking i EU-programmet «Partnership for the Assessment of Risk from Chemicals», der STAMI deltar i om lag 30 delprosjekt og aktivitetar. Forskingsporteføljen ved STAMI ber i 2023 preg av større, meir internasjonale og meir omfattande prosjekt enn tidlegare, og tematikken i prosjekta dekker godt breidda i kunnskapsbehova på arbeidsmiljøområdet i norsk arbeidsliv.

På basis av nasjonale arbeidsmiljøovervakingsdata har STAMI i 2023 vore særleg opptatt av å formidle kunnskap om kva for arbeidsmiljøfaktorar som er blant dei viktigaste å arbeide med i Noreg. I tillegg har dei retta merksemd mot samanhengane mellom arbeidsmiljøet i verksemdene og kva kvalitet og resultat dei oppnår. Gjennom aktivitetane sine identifiserer STAMI førebyggingspotensialet på arbeidsmiljøområdet i Noreg.

STAMI har i tråd med strategien sin fordelt forskingsinnsatsen mellom tre hovudområde. Desse områda speglar utfordringar knytte til arbeidsrelatert sjukdom i norsk arbeidsliv:

  1. psykososialt og organisatorisk arbeidsmiljø, irekna arbeidstid, fråfall, inkluderande arbeidsliv og nye organisasjons- og arbeidsformer

  2. fysiske og mekaniske arbeidseksponeringar

  3. kjemisk og biologisk arbeidsmiljø, irekna effektar av nanoteknologi og andre nye teknologiar

Eit av dei sentrale innsatsområda til STAMI er Nasjonal overvaking av arbeidsmiljø og -helse (NOA). NOA har som mål å utvikle eit felles kunnskapsgrunnlag om statusen og utviklinga på arbeidsmiljøområdet for aktørane i arbeidslivet. Dei viktigaste oppgåvene til NOA er å samle, analysere og formidle informasjon om arbeidsmiljø og arbeidshelse i Noreg og å legge dette materialet til rette for kunnskapsbaserte risikovurderingar og prioriteringar hos tilsynsetatane. NOA gjer data og informasjon tilgjengelege på noa.stami.no og gjennom ei eiga faktabok om arbeidsmiljø og -helse kvart tredje år, siste lansert i september 2024.

NOA bidrar også, i samarbeid med blant andre Arbeidstilsynet, til at det ligg føre eit sams og heilskapleg bilde av arbeidsmiljøtilstanden og risikoforholda som grunnlag for å følge opp og sette i verk førebyggande tiltak i det landbaserte arbeidslivet.

STAMI har i samarbeid med Arbeidstilsynet, Arbeids- og velferdsetaten og Havindustritilsynet arbeidd vidare med arbeidsmiljøsatsinga. Vi viser til nærmare omtale av verkemidla under IA-avtalen under punkt 6.3 Redusere sjukefråvær og fråfall frå arbeidslivet. STAMI har ei sentral rolle i kunnskapsproduksjonen, og arbeid knytt til vidare oppbygging av arbeidsmiljøsatsinga har vore eit viktig satsingsområde for STAMI sidan oppstarten i 2019.

STAMI vidareutviklar kontinuerleg metodar og kanalar for kunnskapsutvikling og -formidling for å styrke tilbodet til alle målgrupper og dermed legge til rette for forskingsbasert førebyggande verksemd. STAMI har eit særskilt ansvar for å følge med på, kvalitetssikre og hente heim relevant kunnskap frå den internasjonale forskingsfronten og for å lage systematiske kunnskapsoppsummeringar på viktige fagområde for norsk arbeidsliv.

Budsjettforslag 2025

Post 50 Statstilskot

STAMI er eit forvaltningsorgan med særskilde fullmakter, med løyving som netto tilskot til drift av instituttet. Inntektene instituttet får frå bidragsforskinga, har dei siste åra utgjort om lag 15 pst. av det totale budsjettet deira. Inntektskjeldene elles er i all hovudsak offentlege midlar frå andre finansieringskjelder, først og fremst Noregs forskingsråd, fond i EU/EØS og andre forskingsfond.

Løyvinga er endra som følge av pris- og lønnsjusteringar og gevinstrealiseringar m.m.

For 2025 er det foreslått ei løyving på 180 mill. kroner.

Kap. 646 Pionerdykkarar i Nordsjøen

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2023

Saldert budsjett 2024

Forslag 2025

72

Tilskot, kan overførast

3 065

1 325

1 250

Sum kap. 646

3 065

1 325

1 250

Allmenn omtale

Med bakgrunn i Stortingets behandling av St.meld. nr. 47 (2002–2003), og Innst. S. nr. 137 og 138 (2003–2004) blei stiftelsen Kontakttelefonen for pionerdykkerne (Dykkerkontakten) oppretta, med bl.a. ei døgnopen telefonteneste for oppfølging av tidlegare nordsjødykkarar.

Rapport

Dykkerkontakten har i 2023 hatt ein dagleg leiar i 20 pst. stilling og ein sosionom/familieterapeut i full stilling. Ein kontaktsjukepleiar/helserådgivar slutta i Dykkerkontakten ved årsskiftet. Den døgnbemanna svartelefontenesta blei avvikla ved årsskiftet og er no bemanna berre på dagtid. Dykkerkontakten har framleis ei eiga nettside for informasjon. I tråd med avgjerda til Stortinget, jf. Meld. St. 12 (2017–2018), blei det tatt sikte på at Dykkerkontakten gradvis skulle avviklast. Det er no bestemt at Dykkerkontakten blir avvikla ved utgangen av 2025. Eventuelle vidare oppfølgingsbehov vil etter dette bli varetatt i det ordinære helse- og velferdssystemet.

Budsjettforslag 2025

Post 72 Tilskot, kan overførast

Posten dekker tilskot til Dykkerkontakten. Stiftelsen er knytt til Sjømannskyrkja og driftar bl.a. ein kontakttelefon for tidlegare nordsjødykkarar. Stiftelsen har vidare knytt til seg relevant kompetanse på gjeldsrådgiving og anna rådgiving for å kunne hjelpe nordsjødykkarar som er i ein vanskeleg situasjon.

For 2025 er det foreslått ei løyving på 1,3 mill. kroner.

Kap. 648 Arbeidsretten, Riksmeklaren m.m.

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2023

Saldert budsjett 2024

Forslag 2025

01

Driftsutgifter

28 154

26 745

27 400

21

Spesielle driftsutgifter, kan overførast, kan nyttast under post 01

570

590

70

Tilskot til fagleg utvikling

2 043

2 130

2 210

Sum kap. 648

30 197

29 445

30 200

Allmenn omtale

Arbeidsretten er ein spesialdomstol som avgjer kollektivrettslege tvistar innanfor dei rammene for domsmyndigheitene som arbeidstvistlova og tenestetvistlova trekker opp. Arbeidsretten behandlar også tvistar om forståing, gyldigheit og eksistens av tariffavtalar og saker om brot på fredsplikta og om erstatningsansvar for tariffbrot og ulovleg arbeidskamp.

Kor omfattande den dømmande verksemda til retten er, kjem an på kor mange saker som blir bringa inn for retten. I tillegg til den dømmande verksemda skal Arbeidsretten drive utoverretta fagleg verksemd.

Riksmeklaren er ein uavhengig institusjon som meklar i tariffkonfliktar der det er brot mellom partane i forhandlingane om å opprette og/eller fornye tariffavtale. Samfunnsoppdraget til Riksmeklaren er å bidra til å bevare arbeidsfreden ved å hjelpe partane i arbeidslivet gjennom mekling og finne minnelege løysingar i interessetvistar.

Arbeidsretten og Riksmeklaren disponerte ved inngangen av 2024 høvesvis fire og to tilsette, jf. også likestillingsomtalen i del III.

Rapport

Arbeidsretten fekk inn 28 nye saker i 2023, mot 44 i 2022. Det blei avsagt 17 dommar i 2023, mot 20 i 2022. Talet på dagar med hovudforhandlingar var 44 i 2023, mot 54 i 2022. Tida som gjekk frå ei stemning kom inn til Arbeidsretten, til det blei halde hovudforhandling, var i 2023 9 månader og 10 dagar, mot 7 månader og 18 dagar i 2022.

Saksmengda til Riksmeklaren kan variere mykje mellom år med hovudoppgjer og år med mellomoppgjer. I 2023 var det mellomoppgjer, og dette blei gjennomført tilnærma som normalt.

Det kom inn totalt 20 meklingssaker i 2023, mot 93 i 2022. Sju saker enda i konflikt. Talet på meklingssaker var på linje med eit «normalår» og var lågare enn i dei to føregåande mellomoppgjersåra (2021 og 2019).

Budsjettforslag 2025

Post 01 Driftsutgifter

Posten omfattar driftsutgiftene til Arbeidsretten og Riksmeklaren m.m.

Løyvinga er styrkt som følge av nye lokale og noko høgare kostnader til husleige m.m. Løyvinga er endra som følge av pris- og lønnsjusteringar, gevinstrealiseringar m.m.

For 2025 er det foreslått ei løyving på 27,4 mill. kroner.

Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast, kan nyttast under post 01

Saksmengda og utgiftene til institusjonane på kapittelet varierer ut frå korleis lønnsoppgjera går, om det er hovud- eller mellomoppgjer, og om oppgjera er samordna eller forbundsvise. Posten skal dekke utgifter ved institusjonane på kapittelet og dessutan kompetanseoppbygging og utgreiingar innan feltet kollektiv arbeidsrett.

For å kunne handtere svingingane i budsjettbehova frå år til år har posten stikkorda «kan overførast» og «kan nyttast under post 01».

For 2025 er det foreslått ei løyving på 0,6 mill. kroner.

Post 70 Tilskot til fagleg utvikling

Det juridiske fakultet ved Universitetet i Oslo driv eit løpande fagleg utviklingsarbeid der formålet er ei langsiktig satsing for å vareta og vidareutvikle brei fagleg kompetanse innan arbeidsrett, både i eit samfunnsmessig perspektiv og for det praktiske retts- og arbeidsliv. Arbeidet dekker både nasjonal og internasjonal arbeidsrett, inkludert EØS-rett. Arbeidet er eit viktig bidrag til kunnskapsutviklinga på feltet. For inneverande periode (2018–2027) bidrar myndigheitene årleg med 50 pst. av kostnadene i prosjektet.

For 2025 er det foreslått ei løyving på 2,2 mill. kroner.

Programkategori 09.50 Pensjonar m.m. under Statens pensjonskasse

Utgifter under programkategori 09.50 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2023

Saldert budsjett 2024

Forslag 2025

Endring i pst.

611

Pensjonar frå statskassa

17 467

17 800

18 800

5,6

612

Tilskot til Statens pensjonskasse

7 745 508

10 320 000

13 016 700

26,1

613

Arbeidsgivaravgift til folketrygda

1 000

1 000

1 000

0,0

2470

Statens pensjonskasse

159 778

197 327

158 960

-19,4

Sum kategori 09.50

7 923 753

10 536 127

13 195 460

25,2

Utgifter under programkategori 09.50 fordelte på postgrupper

(i 1 000 kr)

Post-gr.

Nemning

Rekneskap 2023

Saldert budsjett 2024

Forslag 2025

Endring i pst.

01–29

Statens eigne driftsutgifter

7 641 311

10 231 800

13 016 500

27,2

30–49

Nybygg, anlegg o.a.

174 778

212 327

178 960

-15,7

50–89

Overføringar til andre

107 664

92 000

-100,0

Sum kategori 09.50

7 923 753

10 536 127

13 195 460

25,2

Inntekter under programkategori 09.50 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2023

Saldert budsjett 2024

Forslag 2025

Endring i pst.

5470

Statens pensjonskasse

55 000

55 000

55 000

0,0

Sum kategori 09.50

55 000

55 000

55 000

0,0

Allmenn omtale

Programkategorien omhandlar både ytingane som Statens pensjonskasse administrerer, og den administrative drifta av Statens pensjonskasse som forvaltningsbedrift. Statens pensjonskasse forvaltar Noregs største tenestepensjonsordning. Ytingane frå Statens pensjonskasse omfattar

  • alderspensjon

  • uførepensjon

  • etterlatnepensjon (barnepensjonar og enke- og enkemannspensjonar)

Statens pensjonskasse administrerer også pensjonsordningar for bl.a. statsrådar, stortingsrepresentantar, apotekverksemd, det kunstnariske personalet ved Den Norske Opera & Ballett og følgepersonar i utanrikstenesta. I tillegg administrerer Statens pensjonskasse

  • pensjonar av statskassa, jf. nærmare omtale under kap. 611

  • avtalefesta pensjon (AFP)

  • enkelte særordningar for forsvarspersonell (kompensasjon for psykisk belastningsskade etter tenestegjering i internasjonale operasjonar m.m.)

  • eingongserstatningsordning for vernepliktige m.m.

  • tariffbaserte personskadeerstatningar (særavtalar for reiser innanlands og utanlands, stasjonering i utlandet m.m.)

  • krav etter bilansvarslova for personskade forårsaka av bilane til staten

  • bustadlån for yrkesaktive medlemmer og pensjonistar i Statens pensjonskasse, jf. kap. 1565 under Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet

  • krav etter yrkesskadeforsikringslova for tilsette i staten, jf. kap. 1566 under Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet

  • gruppelivsordninga heimla i hovudtariffavtalen (HTA) § 23 (erstatning til etterlatne når medlemmer døyr), jf. kap. 1567 under Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet

Medlemmer28

Staten har sidan 1917 hatt ei lovheimla tenestepensjonsordning for embets- og tenestemennene sine og for skoleverket. Statens pensjonskasse hadde ved utgangen av 2023 om lag 1 163 000 medlemmer. Av desse er det om lag 331 000 pensjonistar, 305 000 yrkesaktive medlemmer og nærmare 12 000 som er delvis yrkesaktive i kombinasjon med pensjon. I tillegg har 515 000 medlemmer rett til oppsett pensjon. Desse medlemmene har opparbeidd seg pensjonsrettar i Statens pensjonskasse, men er for tida ikkje tilsette i ei medlemsverksemd.

Statstilsette (tilsette i staten som juridisk eining) og kommunalt og fylkeskommunalt tilsette lærarar har obligatorisk medlemskap i Statens pensjonskasse. Av dei yrkesaktive medlemmene høyrer i overkant av halvparten til i statsforvaltninga, om lag ein tredjedel høyrer til i skoleverket i kommunal og fylkeskommunal sektor, og om lag ein tidel høyrer til i andre verksemder.

Overføringsavtalen

Det er inngått ein overføringsavtale mellom Statens pensjonskasse og andre leverandørar av offentlege tenestepensjonsordningar (kommunale pensjonskasser, livsforsikringsselskap og lovfesta pensjonsordningar). Overføringsavtalen skal sikre at pensjonen til medlemmene ikkje blir påverka ved skifte av arbeidsgivar innanfor offentleg sektor. Statens pensjonskasse er koordinerande organ for overføringsavtalen og administrerer bl.a. regelverket for oppgjer (refusjon) mellom pensjonsordningane. Arbeidet med ein revidert refusjonsavtale innanfor overføringsavtalen er fullført, og ein revidert overføringsavtale tredde i kraft i juli 2024.

Kap. 611 Pensjonar frå statskassa

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2023

Saldert budsjett 2024

Forslag 2025

01

Driftsutgifter, overslagsløyving

17 467

17 800

18 800

Sum kap. 611

17 467

17 800

18 800

Allmenn omtale

Pensjon frå statskassa (rettferdspensjon) er ei særordning etablert gjennom praksis med heimel i Grunnlova § 75 bokstav i. Gjennom ordninga kan Stortinget, ut frå ei rimelegvurdering, gi pensjon til personar som ikkje har kunna tene opp pensjonsrettar i Statens pensjonskasse på ordinær måte. Dei som får pensjon frå statskassa, er i hovudsak tidlegare lokalt tilsette arbeidstakarar ved norske utanriksstasjonar som ikkje er dekte av adekvate lokale trygde- og forsikringsordningar.

Pensjon frå statskassa blir berre gitt unntaksvis, men representerer ein viktig sikringsventil som har stor verdi for dei få det gjeld. Ordninga blir administrert i samarbeid med Utanriksdepartementet, og pensjonen blir utbetalt gjennom utanrikstenesta.

Rapport

Arbeids- og inkluderingsdepartementet gir midlertidig tilsegn om pensjonar frå statskassa etter søknad. Forslag til vedtak blir lagde fram for Stortinget i ein eigen årleg proposisjon. Departementet gav tilsegner om 16 nye pensjonar i 2023. I åra 2022 og 2021 blei det gitt tilsegner om høvesvis 15 og 10 nye pensjonar.

Budsjettforslag 2025

Post 01 Driftsutgifter, overslagsløyving

Utgiftsanslaget for 2025 inkluderer anslått effekt av trygdeoppgjeret i 2024 og 2025.

Anslaget for 2025 er på 18,8 mill. kroner. Dette er 1,3 mill. kroner høgare enn rekneskapen for 2023 og 1,0 mill. kroner høgare enn anslaget i saldert budsjett for 2024. Anslaget for 2025 er basert på utbetalt beløp i 2023 og prognose for 2024.

For 2025 er det foreslått ei løyving på 18,8 mill. kroner.

Kap. 612 Tilskot til Statens pensjonskasse

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2023

Saldert budsjett 2024

Forslag 2025

01

Driftsutgifter, overslagsløyving

7 637 844

10 228 000

12 834 700

22

Sluttoppgjer, overslagsløyving

182 000

70

For andre medlemmer av Statens pensjonskasse, overslagsløyving

107 664

92 000

Sum kap. 612

7 745 508

10 320 000

13 016 700

Allmenn omtale

Den delen av netto pensjonsutgifter som ikkje blir finansiert av premieinnbetalingar, dekker staten ved tilskot. Ifølge § 16 i lov om Statens pensjonskasse skal alle medlemmer betale innskot med to pst. av pensjonsgrunnlaget. Ifølge § 18 skal alle medlemsverksemder betale arbeidsgivarandelen av pensjonspremien. Sjå nærmare omtale av pensjonspremie nedanfor under overskrifta Premiebetaling til Statens pensjonskasse og synleggjering av pensjonskostnadene til staten.

Inntektssida utgjer i første rekke pensjonspremie frå medlemsverksemdene. Dette er innskot for pensjonsrettar som skal utbetalast langt fram i tid, mens utbetalingane er til dei som tidlegare har vore yrkesaktive, eller etterlatne etter dei. Det er derfor ikkje nokon direkte samanheng mellom utgiftene og inntektene på kapittelet i kvart enkelt budsjettår. Utgiftssida utgjer i første rekke utbetalingar til alderspensjon, uførepensjon, etterlatnepensjon og avtalefesta pensjon (AFP). I tillegg blir det budsjettert avskrivingar, administrasjonsutgifter og renteutbetalingar. Det blir også budsjettert utbetalingar til yrkesskadeforsikring før 1. januar 1996 som ikkje blir dekte av premieinnbetalingar.

Hovudtrekk ved regelverket og foreslåtte endringar

For dei som i dag får alderspensjon frå offentleg tenestepensjon, er tenestepensjonsordninga ei bruttoordning, det vil seie at ho sikrar eit samla nivå på tenestepensjonen og folketrygda. Først blir det berekna ein brutto tenestepensjon, som ved full oppteningstid utgjer 66 pst. av pensjonsgrunnlaget (sluttlønn) opp til 12 G før levealdersjustering. Netto tenestepensjon blir berekna ved at det blir gjort frådrag for alderspensjon frå folketrygda etter bestemte samordningsreglar.

Stortinget har vedtatt ei ny tenestepensjonsordning for medlemmer av Statens pensjonskasse, jf. lovvedtak 72 (2018–2019), Innst. 314 L (2018–2019) og Prop. 87 L (2018–2019). Den nye ordninga gjeld for årskull fødde i 1963 eller seinare og blei sett i verk 1. januar 2020. Årskull fødde før 1963 skal behalde bruttoordninga. Den nye tenestepensjonen får verknad for utbetalt pensjon når 1963-kullet fyller 62 år, det vil seie frå 2025. Den nye tenestepensjonsordninga følger opp avtalen som blei inngått 3. mars 2018 mellom Arbeids- og sosialdepartementet, LO, Unio, YS, Akademikerne, KS og Spekter om tenestepensjon for tilsette i offentleg sektor. Avtalen omfattar både alderspensjon og AFP.

Som i bruttoordninga er dei nye reglane like for kvinner og menn, og dei sikrar ei livsvarig utbetaling av pensjon. Den nye ordninga gir betre insentiv til å stå lenger i jobb og gjer det lettare for offentleg tilsette å kompensere for effekten av levealdersjusteringa. Den nye alderspensjonen er utforma som ei påslagsordning der

  • alle år i jobb fram til 75 år gir pensjonsopptening

  • pensjonen blir berekna uavhengig av folketrygda

  • pensjonen kan takast ut fleksibelt frå 62 år og kan kombinerast med arbeidsinntekt utan at pensjonen blir redusert

I tråd med avtalen frå 3. mars 2018 skal ny AFP i offentleg sektor utformast etter mønster av AFP i privat sektor. Forslag til lovvedtak om ny avtalefesta pensjon blei fremma 15. desember 2023 ved Prop. 35 L (2023–2024). Stortinget har vedtatt lovendringane, jf. behandlinga av Innst. 231 L (2023–2024) og lovvedtak 51 (2023–2024). Ny avtalefesta pensjon får verknad for utbetalt pensjon når 1963-kullet fyller 62 år, det vil seie frå 2025. Lovendringane trer i kraft frå 1. oktober 2024 av omsyn til saksbehandlinga av søknader om pensjon. Departementet fremja i juni 2024 eit forslag til utfyllande reglar om AFP i forskrift. Høyringsfristen var 30. september 2024. I høyringsforslaget var det også bl.a. eit forslag om lovendring som innebar at Statens pensjonskasse utan hinder av teieplikt kan innhenta nødvendige lønnsopplysningar som er gitt etter skatteforvaltningslova § 7-2 og opplysningar om pensjonsgjevande inntekt frå skattestyresmaktene til bruk i arbeidet med AFP. Departementet tek sikte på å fremja eit lovforslag om dette i ein samleproposisjon seinare i haust. Departementet vil her foreslå at også desse endringane trer i kraft 1. oktober 2024. Det same gjeld eit forslag om å lovfeste at Statens pensjonskasse kan inngå avtale om fordeling av kostnadene til AFP med andre leverandørar av AFP. Dei sentrale pensjonsleverandørane er så langt einige om ei fordeling av kostnadene basert på tenestetida for medlemmen. Ein slik lovheimel har ein parallell i heimelen Statens pensjonskasse har etter lov om Statens pensjonskasse til å inngå overføringsavtale med andre pensjonsleverandørar, sjå ovanfor om overføringsavtalen.

Årskull fødde før 1963 skal behalde gammal AFP, som er ei tidlegpensjonsordning. Toleransebeløpet for avkorting for medlemmer av Statens pensjonskasse for arbeidstakarar fødde i 1962 eller tidlegare, er auka frå 15 000 kroner til 0,26 G per 1. januar kvart år med verknad frå 1. januar 2025.

I pensjonsavtalen som blei inngått 3. mars 2018, går det fram at regelverket for personar med særaldersgrenser som er fødde i 1963 eller seinare, må tilpassast påslagsmodellen. I påvente av ein endeleg avtale om pensjon til personar med særaldersgrense har Stortinget vedtatt å føre vidare ei tidlegpensjonsordning for personar med særaldersgrense for åra fram til dei fyller 67 år, jf. Prop. 87 L (2018–2019), Innst. 314 L (2018–2019) og lovvedtak 72 (2018–2019).

Frå og med 1. juli 2021 er plikta til å fråtre ved nådd aldersgrense oppheva i aldersgrenselova og sjukepleiarordninga. Opphevinga av plikta til å fråtre ved særaldersgrense inneber ingen endringar i rettane til pensjon for personar med særaldersgrense.

Regjeringa og partane i offentleg sektor blei 25. august 2023 einige om nye pensjonsreglar for personar som har særaldersgrense og er fødde i 1963 eller seinare. Dei nye reglane inneber at personar med særaldersgrense får eit særalderspåslag, som er eit påslag til livsvarig pensjon som kjem på toppen av ordinær pensjon. Særalderspåslaget er 5,8 pst. for dei som har aldersgrense 65 år, 6,5 pst. for dei som har aldersgrense 63 år, og 7,7 pst. for dei som har aldersgrense 60 år. Avtalen inneber vidare at tidlegpensjonsordninga blir avvikla frå og med 1965-kullet for dei som har aldersgrense 65 år, og dessutan at 85-årsregelen blir fasa ut for dei som har aldersgrense 60 og 63 år. Dei nye reglane inneber også at særaldersgrensene og utbetalingsperioden for tidlegpensjon blir flytta oppover i takt med hevinga av aldersgrensene i folketrygda. Den 28. juni sende regjeringa eit forslag til nye pensjonsreglar for personar med særaldersgrense på høyring. Forslaget følger opp avtalen med partane. Høyringsfristen er 1. november 2024.

Frå og med 2015 blei det innført ny uføretrygd i folketrygda, og skattereglane for uføreytingar blei endra. I den samanhengen blei det innført ei ny uføreordning i offentleg sektor. Den nye uførepensjonen frå offentlege tenestepensjonsordningar er ei nettoordning der ytinga blir berekna uavhengig av folketrygda. Reglane for avkorting av uførepensjon mot arbeidsinntekt er lagde tett opp til reglane som gjeld for den nye uføretrygda i folketrygda.

Bruttopensjonar, jf. omtalen ovanfor, skal i Statens pensjonskasse bereknast av pensjonsgrunnlaget medlemmene har når dei fråtrer stillinga si. Grunnlaget blir i utgangspunktet fastsett ut frå den faste arbeidsinntekta medlemmene har idet dei fråtrer. Dersom ein medlem har hatt eit høgare pensjonsgrunnlag på eit tidlegare tidspunkt, skal det høgare grunnlaget gjelde for tida før grunnlaget gjekk ned. Pensjonen for resten av tida blir rekna av grunnlaget på fråtredingstidspunktet. Statens pensjonskasse vurderer no, i samråd med departementet, praksis og eventuelle framtidige regelverksendringar knytte til vurderingar av om det har skjedd ein nedgang i pensjonsgrunnlaget eller ikkje. Arbeidet er starta opp, bl.a. på grunnlag av ein orskurd avsagd av Trygderetten. Eit forslag til lov- og forskriftsendring blei sendt på høyring med høyringsfrist 19. mai 2024.

Regjeringa la 26. mai 2023 fram ein lovproposisjon om å oppheve minstegrensa på 20 pst. stilling for rett til medlemskap i dei lovfesta offentlege tenestepensjonsordningane i lov om Statens pensjonskasse, apotekarpensjonslova og sjukepleiarpensjonslova. Stortinget har vedtatt lovendringa, men iverksettinga er utsett, jf. Prop. 120 L (2022–2023), Innst. 37 L (2023–2024) og Lovvedtak 1 (2023–2024). I samanheng med stortingsbehandlinga blei regjeringa beden om å legge til rette for at pensjonerte sjukepleiarar har gode insentiv for å jobbe i mindre stillingar i det offentlege, under dette å vurdere unntak for innmelding i pensjonsordninga for sjukepleiarar. Regjeringa har blitt einig med partane om ei løysing som gjer det mogleg for sjukepleiarar som er fødde før 1965, å jobbe samtidig som dei får pensjon, utan at pensjonen blir avkorta. Dette blir følgt opp i lovproposisjonen som følger opp forslaga i Prop. 1 S (2024–2025) og som blir lagd fram for Stortinget i november. Om Stortinget sluttar seg til forslaget, vil departementet foreslå at regelverket trer i kraft 1. januar 2025. Å oppheve minstegrensa inneber at også offentleg tilsette vil få pensjonsopptening frå første krone og første dag.

Regjeringa la fram Meld. St. 6 (2023–2024) Et forbedret pensjonssystem med en styrket sosial profil 15. desember 2023. I meldinga foreslår regjeringa ei rekke tiltak for å styrke den sosiale berekrafta i pensjonssystemet. Tre sentrale forslag er

  • ei gradvis heving av aldersgrensene i pensjonssystemet og tilgrensande ordningar (helserelaterte ytingar, dagpengar m.m.) for personar fødde i 1964 og seinare, i takt med auken i forventa levealder

  • lønnsregulering av minstesatsane i alderspensjon, kombinert med at løpande pensjonar blir regulerte med gjennomsnittet av pris- og lønnsveksten

  • auka pensjon til uføre i yngre årskull gjennom auka alder for opptening og overgang til alderspensjon for personar som får uføretrygd.

Arbeids- og sosialkomiteen leverte si innstilling (Innst. 233 S (2023–2024)) 14. mars 2024. Med innstillinga følgde ein avtale mellom regjeringspartia og partia Høgre, Sosialistisk Venstreparti, Venstre, Kristeleg Folkeparti og Miljøpartiet Dei Grøne. Avtalepartane stiller seg bak forslaga frå regjeringa om ei gradvis heving av aldersgrensene, ei betre regulering av minsteytingane i pensjonssystemet og ei styrking av alderspensjonen til uføre. Vidare har avtalepartane blitt einige om å opprette ei slitarordning i folketrygda samtidig med dei andre endringane i pensjonssystemet, og at den alminnelege aldersgrensa for statstilsette og andre medlemmer i Statens pensjonskasse går opp frå 70 til 72 år. Departementet tar sikte på å sende eit forslag som følger opp avtalen, på høyring i løpet av kort tid.

Opptente pensjonsrettar

Verdien av opptente pensjonsrettar i Statens pensjonskasse (med unntak av pensjonsordninga for apotekverksemd) blei ved utgangen av 2023 estimert til 718 mrd. kroner. Av dette beløpet gjeld 85 pst. alderspensjon, påslagspensjon, AFP og særalderspensjon, ti pst. gjeld etterlatnepensjon, mens fem pst. gjeld uførepensjon.

Pensjonar frå Statens pensjonskasse – utviklingstrekk

Talet på pensjonistar i Statens pensjonskasse har auka kraftig frå 2010 og fram til i dag. I denne perioden har talet på alderspensjonistar gått frå 129 000 til 246 000. Talet på særalderspensjonistar (pensjonistar som går av ved særaldersgrense før dei fyller 67 år) har auka frå 8 600 til 11 900, mens talet på AFP-pensjonistar har minka frå 13 200 i 2010 til 11 000 i 2023. Talet på AFP-pensjonistar har gått ned sidan 2018, og nedgangen var ekstra kraftig i 2023.

I perioden 2024–2035 er det venta at veksten i talet på alders- og særalderspensjonistar held fram. Deretter er det venta at veksten avtar. I tråd med avtalen av 3. mars 2018 og Stortingets vedtak i samanheng med behandlinga av Prop. 35 L (2023–2024) skal dagens AFP, med verknad frå 2025, erstattast av ein ny AFP etter mønster av AFP i privat sektor. I 2029 vil dagens AFP vere utfasa. Når ny, livsvarig AFP erstattar dagens AFP, som er ei rein tidlegpensjonsordning, vil talet på AFP-mottakarar auke markant over tid.

Talet på uførepensjonistar har vist ein nedgåande tendens i fleire år. Frå midten av 2019 har nedgangen flata noko ut, men talet gjekk likevel litt ned også i 2023.

Premiebetaling til Statens pensjonskasse og synleggjering av pensjonskostnadene til staten

Alle dei over 1 300 medlemsverksemdene i Statens pensjonskasse betaler no ein arbeidsgivarandel. Betalinga av pensjonspremie for yrkesaktive medlemmer i Statens pensjonskasse kan i dag delast inn etter verksemder som betaler pensjonspremie utan at det blir gjennomført eit forsikringsteknisk oppgjer (bl.a. statlege verksemder), og verksemder som betaler pensjonspremie med forsikringsteknisk oppgjer (i hovudsak fristilte statlege verksemder).

Det har over fleire år vore arbeidd med å modernisere premiesystemet i Statens pensjonskasse. Frå 2022 blei det innført ein ny verksemdsspesifikk og hendingsbasert premiemodell for betaling av pensjonspremie for statlege verksemder. Premiemodellen tar løpande omsyn til dei faktiske hendingane i medlemsbestanden, slik at premiereserven til kvar tid samsvarer med oppteninga til medlemmene. Dette skal bidra til å ansvarleggjere statlege verksemder meir for eigne pensjonskostnader. Vi viser til nærmare omtale i Prop. 1 S (2021–2022) for Arbeids- og sosialdepartementet.

For medlemsverksemdene elles har Statens pensjonskasse innført ein hendingsbasert premiemodell gradvis over fleire år. Per 1. januar 2017 hadde 60 fristilte statlege medlemsverksemder fått innført denne modellen. Grunnskolar og vidaregåande skolar fekk innført hendingsbasert premiemodell med utjamna premie frå 2018. Frå 2023 har også medlemsverksemdene elles, som folkehøgskolar, private grunnskolar og vidaregåande skolar, stiftelsar osv., fått innført ein verksemdsspesifikk hendingsbasert premiemodell.

I 2023 har høg lønnsregulering og pensjonsregulering påverka premien. Dette har gjort at fleire verksemder har fått ein høgare pensjonspremie enn det som var estimert i prognosen frå Statens pensjonskasse til verksemdene. Årsaka til dette er i all hovudsak ein høgare faktisk lønnsvekst enn den som blei lagd til grunn i prognosen.

Statens pensjonskasse vil forbetre arbeidet med hendingsbasert premiemodell ytterlegare. Dei arbeider bl.a. med tiltak for å gi medlemsverksemdene betre forståing av kva som påverkar pensjonspremien, og betre forståing av premie per termin, og dessutan med forbetringar i informasjonen til verksemdene.

Rapport

Utvikling i talet på pensjonar 2022–2023 og anslag for 2024–2025

Pensjonsart

2022

2023

2024

2025

Alderspensjon

237 000

246 000

252 000

262 000

Avtalefesta pensjon

11 600

11 000

10 900

10 000

Særalderspensjonar

11 900

11 900

12 200

12 400

Uførepensjon

41 800

41 600

41 000

40 600

Ektefellepensjon (etterlatnepensjon)

50 300

50 900

51 500

52 200

Barnepensjon (etterlatnepensjon)

1 900

1 800

1 800

1 800

Alle pensjonsartar

354 500

363 200

369 400

379 000

Det er anslått ein netto auke i alle pensjonsartar på 6 200 i 2024 og ytterlegare 9 600 i 2025.

Budsjettforslag 2025

For 2025 er det foreslått ei løyving på 13 016,7 mill. kroner, fordelt med 12 834,7 mill. kroner på post 01 og 182 mill. kroner på post 22. Dette er 2 696,7 mill. kroner høgare enn saldert budsjett for 2024 og 5 271,2 mill. kroner høgare enn rekneskapen for 2023.

Regulering av pensjonar under utbetaling

Utgiftsanslaget for 2025 inkluderer anslått effekt av trygdeoppgjeret i 2024 og 2025. Stortinget har vedtatt at pensjonar under utbetaling skal regulerast med eit gjennomsnitt av pris- og lønnsveksten med verknad frå 2022. Anslaget for verknaden i 2025 av trygdeoppgjeret i 2024 og 2025 utgjer 1 443 mill. kroner under kap. 612.

Pensjonsutbetalingar

Utbetalingane for alderspensjonar, uførepensjonar og etterlatnepensjonar er i sum venta å utgjere 36 097,7 mill. kroner i 2025. Dette er ein auke på 4 435,7 mill. kroner samanlikna med rekneskapen for 2023 og ein auke på 2 681,7 mill. kroner samanlikna med saldert budsjett for 2024. Av dette utgjer anslaget for verknaden i 2025 av trygdeoppgjera i 2024 og 2025 totalt 1 299 mill. kroner. Vidare er det lagt til grunn ein netto vekst i talet på alderspensjonar, uførepensjonar og etterlatnepensjonar med totalt 10 500, frå 358 500 i 2024 til 369 000 i 2025. Anslaga for dei ulike pensjonsartane går fram av tabellen ovanfor.

Anslaget for utbetalingar aukar med 0,7 mill. kroner som følgje av forslaget om at mottakarar av uførepensjon frå Statens pensjonskasse kan prøva seg i arbeid fleire gonger, utan fare for å få eit tilbakebetalingskrav dersom årleg arbeidsinntekt overstig 80 pst. av samla inntekt før uførleik, jf. nærare omtale under kap. 2655.

Avtalefesta pensjon

Det er budsjettert med ei utbetaling på 4 090 mill. kroner til avtalefesta pensjonar i 2025. Dette er ein auke på 149 mill. kroner samanlikna med rekneskapen for 2023 og ein reduksjon på 206 mill. kroner samanlikna med saldert budsjett for 2024. Av dette utgjer anslaget for verknaden i 2025 av trygdeoppgjera i 2024 og 2025 ein auke på 144 mill. kroner.

Pensjonspremie

Anslaget for innbetaling av pensjonspremie er 26 811 mill. kroner. Dette er 694 mill. kroner lågare enn i rekneskapen for 2023 og 202 mill. kroner lågare enn i saldert budsjett for 2024. Reduksjonen i anslaget samanlikna med 2024 skriv seg i hovudsak frå at statlege fristilte verksemder har gått frå å vere underfinansiert ved utgangen av 2022 til å vere overfinansierte ved utgangen av 2023. I motsett retning trekker statlege verksemder der anslaget aukar som følge av høgare lønnsgrunnlag, og at premien for lærarar i kommunar og fylkeskommunar aukar som følgje av at lønnsgrunnlaget og talet på medlemmer har auka. Anslaget tar omsyn til effekten av at minstegrensa på 20 pst. stilling for rett til medlemskap blir oppheva i lov om Statens pensjonskasse med verknad frå 1. januar 2025, jf. omtale under overskrifta Hovudtrekk ved regelverket og foreslåtte endringar ovanfor.

Inntekter og utgifter til Statens pensjonskasse – postane 01, 22 og 70 (i 1 000 kroner)

Rekneskapen 2023

Saldert budsjett 2024

Forslag 2025

Sluttoppgjer

0

0

182 000

Alderspensjonar

21 247 003

22 578 000

24 766 000

Særalder

3 478 000

3 643 000

3 860 000

Uførepensjonar

2 289 000

2 412 000

2 391 700

Etterlatnepensjonar

4 648 000

4 783 000

5 080 000

AFP-pensjonar

3 940 733

4 296 000

4 090 000

Yrkesskadeforsikring

1 396

1 000

4 000

Renter pensjonsutbetalingar

10 853

8 000

8 000

Renter refusjonspensjonar

60

2 000

2 000

Avskrivingar

27 950

30 000

30 000

Administrasjonsutgifter

552 143

583 000

620 000

Utgifter i alt

36 195 138

38 336 000

41 033 700

Pensjonspremie inkl. AFP

27 504 606

27 013 000

26 811 000

Refusjon yrkesskade

1 426

1 000

4 000

Refusjonspensjonar andre pensjonsordningar

942 899

1 000 000

1 200 000

Renteinntekter refusjonspensjonar andre ordningar

699

2 000

2 000

Inntekter i alt

28 449 630

28 016 000

28 017 000

Samla tilskot (utgifter – inntekter)

7 745 508

10 320 000

13 016 700

Post 01 Driftsutgifter, overslagsløyving

Løyvinga på posten gjeld differansen mellom premieinntekter og pensjonar utbetalte for tidlegare opptente rettar for medlemmer i Statens pensjonskasse. Med verknad frå 2025 er det foreslått at løyvinga på kap. 612, post 70, blir overførte til kap. 612, post 01.

Løyvinga på post 70 gjeld differansen mellom premieinntekter og pensjonar utbetalte til tilsette i ikkje-statlege verksemder som er medlemmer av Statens pensjonskasse. Dette gjeld for eksempel ideelle og humanitære verksemder. Forslaget om endring kjem av at frå 2023 har desse verksemdene betalt pensjonspremie tilsvarande som andre medlemsverksemder i Statens pensjonskasse.

For 2025 er det foreslått ei løyving på 12 834,7 mill. kroner.

Post 22 Sluttoppgjer, overslagsløyving

Løyvinga på posten skal dekke sluttoppgjer for verksemder som melder seg ut av Statens pensjonskasse frå 1. januar 2025. Det er anslått eit foreløpig berekna sluttoppgjer for Den norske kyrkja som medfører ei utbetaling på 182 mill. kroner. Vidare inkluderer anslaget eit foreløpig berekna sluttoppgjer for Forvaltningsorganet for Opplysningsvesenets fond på 0 mill. kroner.

For 2025 er det foreslått ei løyving på 182 mill. kroner.

Post 70 For andre medlemmer av Statens pensjonskasse, overslagsløyving

For 2025 er det foreslått å overføra løyvinga frå posten til kap. 612, post 01, jf. omtale under kap. 612, post 01.

Kap. 613 Arbeidsgivaravgift til folketrygda

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2023

Saldert budsjett 2024

Forslag 2025

01

Driftsutgifter, overslagsløyving

1 000

1 000

1 000

Sum kap. 613

1 000

1 000

1 000

Allmenn omtale

Kapittelet omfattar arbeidsgivaravgift til folketrygda av berekna arbeidsgivarandel og medlemsandel for verksemder som ikkje er pålagde å betale arbeidsgivarandel, og medlemsandel direkte til Statens pensjonskasse. Kapittelet har utgjort ei teknisk berekning av arbeidsgivaravgifta.

Budsjettforslag 2025

Post 01 Driftsutgifter, overslagsløyving

Løyvinga på posten skal dekke berekna arbeidsgivaravgift for arbeidsgivarandelen og medlemsandelen av pensjonsinnskotet for verksemder som ikkje er pålagde å betale arbeidsgivarandel og medlemsandel direkte til Statens pensjonskasse. Arbeidsgivaravgifta i 2025 er berekna til 1 mill. kroner. Dette er same beløpet som i rekneskapen for 2023 og same beløpet som i saldert budsjett for 2024.

For 2025 er det foreslått ei løyving på 1 mill. kroner.

Kap. 2470 Statens pensjonskasse

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2023

Saldert budsjett 2024

Forslag 2025

24

Driftsresultat

-15 000

-15 000

-20 000

45

Større utstyrsanskaffingar og vedlikehald, kan overførast

174 778

212 327

178 960

Sum kap. 2470

159 778

197 327

158 960

  • Overført frå 2023 til 2024:

  • Post 45: 2 923 000 kroner

Allmenn omtale

Statens pensjonskasse er ei forvaltningsbedrift, jf. § 7 i løyvingsreglementet. Dette inneber at driftsbudsjettet til Statens pensjonskasse er nettobudsjettert. Statens pensjonskasse hadde i 2023 i gjennomsnitt 458 avtalte årsverk. Ytingane frå Statens pensjonskasse er nærmare omtalte under innleiinga til programkategori 09.50.

Dei ordningane som Statens pensjonskasse forvaltar, skal sikre økonomisk tryggleik for medlemmene i alle fasane av livet. Ordningane skal forvaltast slik at dei bidrar til at staten blir oppfatta som ein attraktiv og profesjonell arbeidsgivar. Informasjon og rettleiing skal bidra til at medlemmene kan ta opplyste val ut frå sin livssituasjon. Forvaltninga og informasjon til medlemmer og medlemsverksemder skal bidra til målet for pensjonsreforma om at fleire jobbar lenger. Statens pensjonskasse skal sikre rettar gjennom god forvaltning, ha tilgjengelege tenester med god service og vere effektive og skape meirverdi for samfunnet. Styringsparametrar og resultatkrav blir fastsette i styringsdialogen mellom Arbeids- og inkluderingsdepartementet og Statens pensjonskasse.

Rapportering, strategiar og tiltak for 2025

Utbetaling av ytingar og innkrevjing av premie

Statens pensjonskasse skal utbetale rett yting til rett tid og fastsette og krevje inn rett premie til rett tid. Tabellen nedanfor viser resultatkrava for 2023 knytte til desse måla og dessutan resultata for 2023:

Mål og resultatkrav 2023

Resultat 2023

Statens pensjonskasse skal utbetale rett yting til rett tid

Av nye og endra pensjonar skal minst 96 pst. vere utan vesentlege feil ved høvesvis første gongs utbetaling og endringstidspunktet.

99,0 pst.

Statens pensjonskasse skal sikre at medlemmene får ytingane til rett tid i tråd med relevant lov- og regelverk.

100,0 pst.

Statens pensjonskasse skal fastsette og krevje inn rett premie til rett tid

Premien skal vere minst 98 pst. korrekt ut frå mottatt grunnlag og føresetnader i premieberekninga.

98,8 pst.

Administrative førebuingar til det nye pensjonsregelverket

Statens pensjonskasse vil halde fram arbeidet med dei administrative førebuingane i 2025, slik at dei kan forvalte det nye pensjonsregelverket (ny offentleg tenestepensjon, jf. omtale under kap. 612) effektivt og korrekt og dermed sikre rettssikkerheit og tryggleik for medlemmer og medlemsverksemder i Statens pensjonskasse.

Tredje fase av pensjonsprogrammet til Statens pensjonskasse, Pro25, er i rute med implementeringa av nytt regelverk. Statens pensjonskasse har følgt opp alle merknader og anbefalingar frå kvalitetssikringa. Det valde konseptet vil sikre at pensjonsreglane blir godt varetatt i den nye løysinga, og samtidig gi eit godt grunnlag for at medlemmer av Statens pensjonskasse skal kunne ta opplyste pensjonsval.

På bakgrunn av kvalitetssikringsrapporten (KS2) anbefalte regjeringa Stortinget i Prop. 118 S (2022–2023) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2023 at Pro 25, fase III, skulle starte opp i 2023, med ei kostnadsramme på 391 mill. 2023-kroner inkl. mva. På bakgrunn av Innst. 490 S (2022–2023) vedtok Stortinget dette, jf. romartalsfullmakt XIV.

Informasjon og kunnskapsformidling

For Statens pensjonskasse har informasjonsarbeidet i 2023 handla mykje om ny offentleg tenestepensjon. Nye pensjonsreglar inneber større fleksibilitet og fleire valmoglegheiter, og dermed må kvar og ein ta større ansvar for sin eigen pensjon. Saman med fleire andre pensjonsaktørar deltok Statens pensjonskasse i ein informasjonskampanje for å auke kjennskapen til pensjon og tenestepensjon blant nordmenn i aldersgruppa 18–56 år. Statens pensjonskasse har i mange år arbeidd systematisk med klarspråk, og blei i 2023 revidert av Riksrevisjonen på etterlevinga av språklova i vedtaksbrev. Riksrevisjonen konkluderte med at Statens pensjonskasse i hovudsak nyttar klarspråk.

Brukarundersøkingar viser at medlemmene er nøgde med Statens pensjonskasse. I 2023 var det samla resultatet 83 poeng av 100 – same resultat som i 2022. Mest nøgde er medlemmene med kursverksemda, og med servicen på telefon og chatt. Gjennom heile 2023 har resultata vist at medlemmene blir meir og meir nøgde med informasjonen frå Statens pensjonskasse.

I 2023 gjennomførte Statens pensjonskasse 300 kurs for 11 600 medlemmer og utarbeidde 5 600 pensjonsprognosar for deltakarane. Kundesenteret har behandla 152 000 førespurnader på e-post, telefon og chatt, ein liten auke frå 2022.

I 2023 har Statens pensjonskasse informert medlemsvirksomhetene godt i samanheng med innføringa av ny premiemodell. Det har vore arrangert særskilde webinar og individuelle møte for å dekke informasjonsbehovet. Vidare vil Statens pensjonskasse styrke informasjonsarbeidet mot HR-tilsette, for å sette dei i stand til å orientere andre tilsette om to ulike pensjonsregelverk og til å rettleie dei tilsette om kvar dei kan finne informasjon, slik at dei blir betre skikka til å gjere opplyste pensjonsval.

Sjølvbetening

Ambisjonen til Statens pensjonskasse er at flest mogleg skal kunne betene seg sjølve og finne informasjonen dei treng, på spk.no. I sjølvbeteningsløysinga Min side kan medlemmene bl.a. berekne framtidig pensjon, søke om lån og pensjon og sjå kommande pensjonsutbetalingar. I 2023 blei Min side forbetra. Det blei lettare å finne fram i løysinga, som også fekk ny funksjonalitet, og fleire brukargrupper kunne nytte pensjonskalkulatoren. Statens pensjonskasse erfarer at brukarane lærer mest om eigen pensjon når dei får utforske valmoglegheiter og sjå konsekvensar. I snitt gjorde brukarane ni berekningar når dei nytta pensjonskalkulatoren i 2023. Min virksomhet er sjølvbeteningsløysinga for arbeidsgivarane.

I 2023 hadde spk.no 2,4 millionar besøk, noko som er like mykje som i 2022. Det blei registrert 994 000 innloggingar til Min side og Min virksomhet. Dette er 13,6 pst. meir enn året før. Noko av auken kjem av at renta på bustadlån har vore gunstig, og at mange derfor har logga inn for å søke om lån.

For å informere om pensjonsopptening og få fleire til å logge inn på Min side har Statens pensjonskasse sidan 2022 årleg sendt e-post til medlemmer som er fødde i 1963 og seinare. I 2023 gjekk e-posten ut til 123 000 aktive medlemmer. I 2024 fekk både aktive og tidlegare medlemmer e-posten, totalt 220 000 mottakarar. Statens pensjonskasse arbeider også for at fleire medlemsgrupper skal få e-post med skreddarsydd informasjon om pensjonsordninga, rettar og valmoglegheiter.

Dei aller fleste arbeidsgivarane loggar seg inn på Min virksomhet ein gong i månaden for å rapportere lønns- og stillingsdata. Statens pensjonskasse har planlagt fleire forbetringar dei neste åra basert på nye behov hos verksemdene. I 2023 blei det utarbeidd eit målbilde for Min virksomhet, og implementeringa har starta.

Post 24 Driftsresultat

(i 1 000 kr)

Underpost

Nemning

Rekneskap 2023

Saldert budsjett 2024

Forslag 2025

24.1

Driftsinntekter, overslagsløyving

-713 669

-730 000

-790 000

24.2

Driftsutgifter, overslagsløyving

572 290

594 000

637 000

24.3

Avskrivingar

82 207

90 000

100 000

24.4

Renter av statens kapital

-4 777

1 000

3 000

24.5

Til investeringsformål

55 000

55 000

55 000

24.6

Til reguleringsfond

-6 051

-25 000

-25 000

Sum post 24

-15 000

-15 000

-20 000

Sidan 2001 har Statens pensjonskasse vore delt inn i to rekneskapsmessige einingar. Bl.a. dette har over tid medført at det finansielle rammeverket for Statens pensjonskasse har fått ein kompleks struktur. Det har gjort det utfordrande for Statens pensjonskasse å utarbeide ein oversiktleg og lett forståeleg rekneskap. Riksrevisjonen har på denne bakgrunnen meint at det finansielle rammeverket for Statens pensjonskasse må avklarast og vidareutviklast. Frå og med rekneskapsåret 2025 blir det rekneskapsmessige skiljet med to einingar avskaffa.

Endringa inneber at modellen med stykkprisfinansiering av tenestene til Statens pensjonskasse blir justert. For dei fleste pensjonsordningane som Statens pensjonskasse administrerer, vil finansieringa av tenestene framover komme direkte frå administrasjonspremien og ikkje ved stykkprisfinansiering. Endringa inneber inga endring i kva verksemdene skal betale i administrasjonspremie.

Det er foreslått ei løyving på –20,0 mill. kroner på post 24 Driftsresultat for 2025.

Underpost 24.1 Driftsinntekter, overslagsløyving

Inntektene til Statens pensjonskasse er knytte til betaling for dei administrative tenestene som blir utførte i pensjons-, låne- og personskadeordningane og andre ordningar som Statens pensjonskasse tilbyr. Vel 80 pst. av inntektene kjem frå administrasjon av dei ulike pensjonsordningane, der inntekta knytt til den statlege pensjonsordninga etter lov om Statens pensjonskasse utgjer det aller meste. Inntektene aukar med 60 mill. kroner frå saldert budsjett for 2024. Auken kjem av auka prisar og volum knytte til dei ordningane som Statens pensjonskasse forvaltar, irekna auka volum og termingebyr i bustadlånordninga etter skifte av lånesystem.

Underpost 24.2 Driftsutgifter, overslagsløyving

Lønnskostnader utgjer om lag halvparten av driftsutgiftene til Statens pensjonskasse. Det blir foreslått å auke driftsutgiftene med 43 mill. kroner samanlikna med saldert budsjett for 2024. Auken skriv seg i hovudsak frå auka lønns- og prisvekst og auka forvaltningskostnader til nye systemløysingar på alle tenesteområde.

Underpost 24.3 Avskrivingar

Avskrivingane er foreslått auka med 10 mill. kroner samanlikna med saldert budsjett for 2024. Auken skriv seg frå nye systemløysingar som er utvikla og skaffa gjennom dei siste åra, spesielt i samanheng med nytt pensjonsregelverk og nytt lånesystem.

Underpost 24.4 Renter av statens kapital

I samsvar med reglane for forvaltningsbedrifter skal det bereknast rente for den kapitalen som er investert i bedrifta. Det er budsjettert med 3 mill. kroner i renter i 2025. Dette er ein auke på 2 mill. kroner frå saldert budsjett for 2024.

Underpost 24.5 Til investeringsformål

Posten omfattar avsetting til eigenfinansierte investeringar, jf. kap. 5470, post 30. Det er budsjettert med ei eigenfinansiering på 55 mill. kroner i 2025. Dette er same nivået som i saldert budsjett for 2024, og inkluderer trekk frå reguleringsfondet på 25 mill. kroner, jf. omtale under post 24.6 Til reguleringsfondet.

Underpost 24.6 Til reguleringsfondet

Reguleringsfondet skal nyttast til å dekke svingingar i økonomien til verksemda mellom ulike år og til å dekke uføresette utgifter i det enkelte budsjettåret. Fondet er ein del av eigenkapitalen til forvaltningsbedrifta. Det blir lagt til grunn at fondet kan nyttast til gjenkjøp av bl.a. systemløysingar. Det er budsjettert med eit trekk på fondet på 25 mill. kroner. Trekket skal nyttast til å dekke eigenfinansieringa av utviklingsaktivitetane Statens pensjonskasse driv med i samanheng med ny offentleg tenestepensjon, jf. også omtale under post 24.5 Til investeringsformål.

Det blir fremma forslag om at det blir gitt høve til å omdisponere inntil 50 mill. kroner frå reguleringsfondet til investeringsformål, jf. forslag til romartalsfullmakt.

Post 45 Større utstyrsanskaffingar og vedlikehald, kan overførast

Løyvinga på posten gjeld investeringar i varige driftsmiddel, primært systemutvikling.

For 2025 er det foreslått ei løyving på 179 mill. kroner. Dette er 33 mill. kroner lågare enn i saldert budsjett for 2024. Midlane skal i hovudsak dekke utgifter knytte til ny offentleg tenestepensjon, nytt lånesystem for bustadlånsordninga, nytt analyseverktøy og utvikling av eksisterande it-system.

Balanse Statens pensjonskasse

kroner

Rekneskap 2022

Rekneskap 2023

Eigedelar

Anleggsmiddel

Driftsmiddel, eigedommar

507 983 510

600 554 940

Sum anleggsmiddel

507 983 510

600 554 940

Omløpsmiddel

Varebehaldning, varer i arbeid

0

0

Kortsiktige fordringar

24 997

55 092

Kortsiktige plasseringar

0

0

Mellomvære med statskassa

168 398 256

167 013 181

Sum omløpsmiddel

168 423 253

167 068 273

Sum eigedelar

676 406 764

767 623 214

Eigenkapital og gjeld

Eigenkapital

Eigenkapital utan reguleringsfond

481 174 910

536 174 910

Reguleringsfond

144 072 096

138 021 118

Sum eigenkapital

625 247 006

674 196 028

Langsiktig gjeld

Den renteberande kapitalen til staten

26 808 600

64 380 030

Anna langsiktig gjeld

0

0

Sum langsiktig gjeld

26 808 600

64 380 030

Kortsiktig gjeld

Kortsiktig gjeld

24 351 157

29 047 156

Sum kortsiktig gjeld

24 351 157

29 047 156

Sum eigenkapital og gjeld

676 406 764

767 623 214

Kap. 5470 Statens pensjonskasse

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2023

Saldert budsjett 2024

Forslag 2025

30

Avsetting til investeringsformål

55 000

55 000

55 000

Sum kap. 5470

55 000

55 000

55 000

Post 30 Avsetting til investeringsformål

Løyvinga på posten skal dekke avsetningar til investeringsformål til inntekt i statsrekneskapen, jf. omtale under kap. 2470, underpost 24.5.

For 2025 er det foreslått ei løyving på 55 mill. kroner.

Programkategori 09.60 Kontantytingar

Utgifter under programkategori 09.60 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2023

Saldert budsjett 2024

Forslag 2025

Endring i pst.

660

Krigspensjon

113 781

100 000

84 000

-16,0

664

Pensjonsordninga for arbeidstakarar til sjøs

24 000

21 000

18 400

-12,4

665

Pensjonstrygda for fiskarar

4 500

4 400

100,0

666

Avtalefesta pensjon (AFP)

3 695 388

3 990 000

4 340 000

8,8

667

Supplerande stønad

477 518

576 000

680 000

18,1

Sum kategori 09.60

4 315 187

4 687 000

5 126 800

9,4

Utgifter under programkategori 09.60 fordelte på postgrupper

(i 1 000 kr)

Post-gr.

Nemning

Rekneskap 2023

Saldert budsjett 2024

Forslag 2025

Endring i pst.

50–89

Overføringar til andre

4 315 187

4 687 000

5 126 800

9,4

Sum kategori 09.60

4 315 187

4 687 000

5 126 800

9,4

Kategorien omfattar kontantytingar og tilskot til visse lovregulerte pensjonsordningar utanom folketrygda som heilt eller delvis blir finansierte av staten. Det gjeld krigspensjon, statstilskot til pensjonsordninga for arbeidstakarar til sjøs, statstilskot til pensjonstrygda for fiskarar, statstilskot til avtalefesta pensjon (AFP) i privat sektor og supplerande stønad.

Kap. 660 Krigspensjon

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2023

Saldert budsjett 2024

Forslag 2025

70

Tilskot, militære, overslagsløyving

28 416

26 000

19 000

71

Tilskot, sivile, overslagsløyving

85 365

74 000

65 000

Sum kap. 660

113 781

100 000

84 000

Hovudtrekk ved regelverket

Hovudformålet med krigspensjonen er å gi invalidepensjon til personar som har fått mein eller redusert arbeidsevne som følge av skade eller påkjenningar under krigsdeltaking, motstandsverksemd, politisk fangenskap eller sjøteneste under den andre verdskrigen.

Krigspensjonen er primært ein invalidepensjon og er heimla i fire lover:

  • lov 13. desember 1946 nr. 21 om krigspensjonering for militærpersoner (militærlova), som omfattar militærpersonar som har fått mein som følge av skade, sjukdom eller påkjenningar under tenestegjering i den andre verdskrigen

  • lov 13. desember 1946 nr. 22 om krigspensjonering for hjemmestyrkepersonell og sivilpersoner (sivillova), som omfattar militærpersonar som har fått mein som følge av skade, sjukdom eller påkjenningar under tenestegjering i den andre verdskrigen

  • tilleggslov 29. juni 1951 nr. 34, som gjeld sjømenn med ei fartstid på minst seks månader under den andre verdskrigen som ikkje var utsette for krigsulykke som oppgitt i sivillova, og personell ved det norske feltsjukehuset i Korea

  • lov 22. mars 1968 nr. 2 om tillegg til krigspensjoneringslovene av 1946, som omfattar seks kategoriar av krigsdeltakarar og politiske fangar som var utsette for usedvanleg hard påkjenning

Det gjeld eitt felles pensjonsgrunnlag for dei såkalla innsats- og overgrepsgruppene og eitt for tilfeldige krigsramma.

Hovudprioriteringa framover er framleis å sikre at dei krigsskadde og dei etterlatne etter dei får rett yting til rett tid.

Rapport

Dei aktuelle pensjonslovene regulerer forhold som ligg mange år tilbake i tid, og utgiftene til krigspensjon går ned for kvart år som følge av at talet på pensjonistar går ned.

Militære

Utgiftene til militære krigspensjonistar i 2023 fordelte seg med 1,1 mill. kroner til invalidepensjon, 27,3 mill. kroner til enkepensjon og 0,0 mill. kroner til skadekur. Korrigert for den årlege reguleringa er dette ein nedgang frå 2022 på 50 pst. for invalidepensjonistane og 21 pst. for enkepensjonistane.

I desember 2023 var det 9 militære invalidepensjonistar og 205 militære enkepensjonistar. Talet på invalidepensjonistar gjekk ned med 31 pst. frå same perioden i 2022, mens talet på enkepensjonistar gjekk ned med 19 pst. I 2023 var avgangen fire invalidepensjonistar og 49 enkepensjonistar. Det var ingen tilgang av militære krigspensjonistar i 2023. Gjennomsnittsalderen ved utgangen av 2023 var 92,6 år for invalidepensjonistane og 92,5 år for enkepensjonistane.

Sivile

Utgiftene til sivile krigspensjonistar i 2023 fordelte seg med 23,8 mill. kroner til invalidepensjon, 61,4 mill. kroner til enkepensjon og 0,1 mill. kroner til skadekur. Korrigert for den årlege reguleringa er dette ein nedgang frå 2022 på 20 pst. for invalidepensjonistane og 18 pst. for enkepensjonistane.

I desember 2023 var det 225 sivile invalidepensjonistar og 529 sivile enkepensjonistar. Talet på invalidepensjonistar gjekk ned med 13 pst. frå same perioden i 2022, mens talet på enkepensjonistar gjekk ned med 18 pst. I 2023 var det ein avgang på 33 invalidepensjonistar og 131 enkepensjonistar, mens det var ein tilgang på 14 enkepensjonistar (og ingen invalidepensjonistar).

Gjennomsnittsalderen ved utgangen av 2022 var 87,2 år for invalidepensjonistane og 89,7 år for enkepensjonistane.

Budsjettforslag for 2025

Post 70 Tilskot, militære, overslagsløyving

Det er lagt til grunn eit gjennomsnittleg mottakarartal på 145 pensjonistar og ei gjennomsnittleg yting på 129 222 kroner.

Utgiftsanslaget for 2025 inkluderer anslått effekt av trygdeoppgjeret i 2024 og 2025.

Som følge av dette aukar utgiftsanslaget med 1 mill. kroner på post 70.

For 2025 er det foreslått ei løyving på 19 mill. kroner.

Post 71 Tilskot, sivile, overslagsløyving

Det er lagt til grunn eit gjennomsnittleg mottakartal på 577 pensjonistar og ei gjennomsnittleg yting på 112 188 kroner.

Utgiftsanslaget for 2025 inkluderer anslått effekt av trygdeoppgjeret i 2024 og 2025.

Som følge av dette aukar utgiftsanslaget med 3 mill. kroner på post 71.

For 2025 er det foreslått ei løyving på 65 mill. kroner.

Kap. 664 Pensjonsordninga for arbeidstakarar til sjøs

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2023

Saldert budsjett 2024

Forslag 2025

70

Tilskot

24 000

21 000

18 400

Sum kap. 664

24 000

21 000

18 400

Allmenn omtale

Pensjonsordninga for arbeidstakarar til sjøs er ei pliktig tenestepensjonsordning som blei oppretta i 1948. Ordninga omfattar som hovudregel norske statsborgarar og dessutan personar med fast adresse i Noreg som er tilsette som arbeidstakarar på skip og visse flyttbare innretningar som er innførte i norsk skipsregister (NOR eller NIS) med minst hundre bruttotonn.

Maritim pensjonskasse (MPK) forvaltar ordninga, og pensjonskassa er ei ordning for tilsette i private verksemder innanfor maritim sektor. I 2023 forvalta Maritim pensjonskasse pensjonsrettar for om lag 140 000 medlemmer, av desse om lag 30 000 yrkesaktive medlemmer. Maritim pensjonskasse har eit eige styre på fem medlemmer som departementet utnemner for fire år om gongen. Styret leier Maritim pensjonskasse i samsvar med føresegner fastsette i lov 3. desember 1948 nr. 7 om pensjonsordning for arbeidstakere til sjøs og dessutan etter instruksen departementet gir styret i Maritim pensjonskasse.

Styret har ansvar for å utvikle den overordna strategien for verksemda og har også det overordna ansvaret for forvaltninga av reguleringsfondet. Styret har vidare ansvar for drifta innanfor dei rammene departementet har trekt opp i tildelingsbrev og instruks med meir, herunder godkjenning av Maritim pensjonskasse sitt administrasjonsbudsjett.

Inntektene til ordninga er pensjonspremie frå arbeidstakarar og reiarlag, avkastning frå fondet til ordninga og lovbestemte tilskot frå staten. Hovudprinsippet for finansieringa av ordninga er at ho skal vere sjølvfinansiert ved at arbeidstakarane og arbeidsgivarane skal betale det pensjonen kostar. Dei årlege inntektene til ordninga dekker løpande dei årlege utgiftene til pensjonar og administrasjon etter eit utlikningsprinsipp. Dersom dei årlege inntektene til ordninga overstig dei årlege utgiftene, skal differansen overførast til reguleringsfondet til ordninga. Reguleringsfondet er bygd opp av midlar frå partane i ordninga og inngår ikkje i statsrekneskapen.

Det er eit mål at pensjonsordninga skal ha ei berekraftig finansiering over tid, og at ordninga skal vere sjølvfinansierande. Dersom dei årlege inntektene til ordninga ikkje dekker dei årlege utgiftene, dekker overføring frå fondet differansen. Dersom det ikkje er tilstrekkelege midlar i reguleringsfondet til ordninga, dekker garantitilskot frå staten differansen.

Staten dekker den berekna delen av pensjonsutgiftene som kjem av tillegg for fartstid under den andre verdskrigen, enkepensjonar etter menn som var medlem i ordninga før 1. september 1939, og utanlands kvalfangst. I tillegg har staten sidan 1983 ytt eit fast årleg tilskot på 8 mill. kroner som erstatning for laste- og fyravgifter. I 2023 kravde Maritim pensjonskasse inn om lag 1,3 mrd. kroner i premiar frå om lag 700 reiarlag fordelte på om lag 2 200 skip. Premieinntektene dekte pensjonsutbetalingane fullt ut i 2023. Det lovpålagde tilskotet til staten utgjorde 24 mill. kroner. Tilskotet er på veg ned, og ein går ut frå at det i 2030 blir tilnærma likt det faste tilskotet i lova på 8 mill. kroner.

Hovudtrekk ved regelverket

Ordninga er fleire gonger tilpassa endringar i folketrygdlova, sist med verknad frå 1. januar 2020, jf. Prop. 118 L (2018–2019) Endringer i lov 3. desember 1948 nr. 7 om pensjonstrygd for sjømenn m.m. (ny pensjonsordning). Dei som er tilsette etter 2020, og medlemmer som per 1. januar 2020 ikkje hadde fylt 50 år, får pensjon etter nye reglar. Medlemmer som har opptente rettar etter tidlegare reglar, får rettane konverterte til ei pensjonsbehaldning ved overgang til ny ordning ved pensjonering. Medlemmer som hadde fylt 50 år ved årsskiftet, følger gammalt regelverk fullt ut og får ikkje opptening etter nye reglar.

Personar som fell inn under den gamle ordninga, må ha minst 150 pensjonsgivande månader (12,5 år) for å få pensjon og minst 360 månader (30 år) for å få full alderspensjon. Årleg pensjon utgjer 0,91 pst. av G per fartsmånad for overordna arbeidstakar og 0,76 pst. av G for underordna arbeidstakar (0,65 pst. av G for fartstid før 1. mai 1993). Pensjonen blir ytt fullt ut ved sida av eventuell alderspensjon frå folketrygda. Alderspensjon under utbetaling blir regulert som alderspensjon frå folketrygda. Det blir utbetalt eit eingongsbeløp (tilbakebetaling av pensjonsavgift) etter nærmare reglar for personar som ikkje har opptent nok fartstid til å få pensjon. Det kan ytast eit pensjonstillegg til personar som har minst tre års fartstid dei siste fem åra før dei går av med pensjon.

Pensjonen frå pensjonsordninga for arbeidstakarar til sjøs fell bort dersom pensjonisten får arbeidsavklaringspengar eller uføretrygd frå folketrygda for full uførleik. Er ytinga frå folketrygda gradert, fell ein tilsvarande del av pensjonen frå pensjonsordninga bort. Tilsvarande gjeld dersom pensjonisten får avtalefesta pensjon i offentleg sektor fram til pensjonisten fyller 65 år.

Personar som fell inn under den nye ordninga, må ha tre års opptening for å få rett til pensjon. Pensjonen blir tent opp til ei pensjonsbehaldning med 6,3 pst. av eiga inntekt opp til eit tak på 12 G. Det er fleksible og nøytrale reglar for uttak av pensjon. Tidlegaste nedre uttaksalder er 62 år. Pensjon kan takast ut i perioden mellom 62 og 70 år og blir utbetalt i perioden mellom 62 og 80 år. Det er ein minste utbetalingsperiode på sju år. Ein kan kombinere uttak av pensjon med å halde fram med å arbeide. Slikt framhald av arbeid i ordninga gir opptening av pensjon fram til ein fyller 70 år. Uttak av pensjon kan og kombinerast med uttak av pensjon frå andre ordningar.

Rapport, strategiar og tiltak for 2025

Hovudprioriteringane for Maritim pensjonskasse er å sikre at dei som har rett til det, får pensjon til rett tid, yte god service til medlemmer og kundar, forvalte reguleringsfondet til ordninga og dessutan gjennomføre løpande og langsiktige analysar av den økonomiske situasjonen for ordninga. Maritim pensjonskasse har hatt god måloppnåing på dagleg drift i 2023 og legg vekt på god og effektiv administrasjon og brukarservice og på forenkling og fornying. Verksemda har høg grad av automatisering, med nettbaserte sjølvbeteningsløysingar for kundar og medlemmer.

Etter ein lengre periode der Maritim pensjonskasse har retta nødvendig merksemd mot interne systemløysingar, viser kunde- og medlemsundersøkinga at det no er behov for tiltak som kan gjere kundane og medlemmene meir nøgde med Maritim pensjonskasse. Slike tiltak omfattar både det å gi opptenande medlemmer meir informasjon om rettane deira og det å sørge for ei forbetra brukaroppleving i portalar.

Pensjonsordninga hadde eit overskot i 2023 på 185 mill. kroner, som er tilførte reguleringsfondet. Reguleringsfondet var ved utgangen av 2023 på om lag 700 mill. kroner. Pensjonsforpliktingane til ordninga er på om lag 21 mrd. kroner. Styret i Maritim pensjonskasse fastset reglementet for forvaltning av reguleringsfondet i samsvar med instruksen departementet har gitt styret.

Økonomien i ordninga er knytt til den generelle sysselsettingssituasjonen for arbeidstakarar til sjøs og offshorepersonell om bord på norske og utanlandske skip og installasjonar som blir disponerte av norske reiarlag, noko som igjen har samanheng med rammevilkåra for norsk skipsfart og offshoreverksemd. Om lag halvparten av den aktive medlemsmassen er sysselsett innanfor offshoresektoren.

Ifølge prognosane til Maritim pensjonskasse vil inntektene til ordninga dei neste åra overstige utgiftene, slik at reguleringsfondet vil bli bygd ytterlegare opp. Men inntektene til ordninga er usikre, mellom anna som følge av uvisse om den framtidige medlemsmassen. Ifølge Maritim pensjonskasse vil for eksempel ein lineær medlemsreduksjon på totalt 7 000 medlemmer (23 pst.) i løpet av ein femårsperiode føre til at reguleringsfondet går i null. Basert på oppdaterte prognosar er dette likevel eit lite sannsynleg scenario.

Verksemda har hatt ei tilknyting til staten sidan opprettinga i 1948 og har vore følgd opp av departementet gjennom ein formalisert og dokumentert styringsdialog. Dette inneber at departementet utarbeider tildelingsbrev og instruks til Maritim pensjonskasse i tillegg til å gjennomføre etatsstyringsmøte.

I 2023 har departementet hatt to etatsstyringsmøte med Maritim pensjonskasse, der også styreleiaren i Maritim pensjonskasse har deltatt. Sentrale område i styringsdialogen er økonomien til ordninga, rett pensjon og premie og dessutan risikovurderingar knytte til drifta og økonomien til ordninga.

Riksrevisjonen reviderer Maritim pensjonskasse og hadde ingen vesentlege merknader til rekneskapen for 2023. Departementet er i gang med å vurdere kva slags tilknyting Maritim pensjonskasse skal ha til staten i framtida. Vurderingane departementet gjer, er omfattande og har nokre års perspektiv. Direktoratet for forvaltning og økonomistyring har gitt departementet fagleg bistand i dette arbeidet. Departementet foreslår at dagens praksis og rammer for verksemda, inkludert rekneskap og styringsdialog, blir vidareførte inntil tilknytingsforma er avklart. Departementet vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte.

Budsjettforslag 2025

Post 70 Tilskot

Utgiftsanslaget for 2025 inkluderer anslått effekt av trygdeoppgjeret i 2024 og 2025. Som følge av dette aukar utgiftsanslaget med 0,4 mill. kroner på kap 664.

Det er forventa at ordninga vil gå med overskot i 2024 og 2025. Dette inneber at reguleringsfondet vil auke ytterlegare. Statstilskotet etter § 15 i lova er forventa å utgjere 18,4 mill. kroner. Det er lagt til grunn eit gjennomsnittleg tal på mottakarar på om lag 600 og ei gjennomsnittleg årleg yting på om lag 17 500 kroner. Det faste årlege statstilskotet, jf. ovanfor, utgjer 8 mill. kroner.

For 2025 er det foreslått ei løyving på 18,4 mill. kroner.

Kap. 665 Pensjonstrygda for fiskarar

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2023

Saldert budsjett 2024

Forslag 2025

70

Tilskot

4 500

4 400

Sum kap. 665

4 500

4 400

Allmenn omtale

Pensjonstrygda for fiskarar er ei lovbestemt pliktig ordning for personar som har fiske som hovudnæring. Det er om lag 5 000 aktive fiskarar i ordninga og om lag 1 550 pensjonistar. Pensjonstrygda er utlikningsfinansiert og blir finansiert av partane sjølve ved medlemspremie, omsettingsavgift på førstehandsverdien av råstoff levert frå norske fiskarar og eventuelle bidrag frå eit likviditetsfond. Trygda er garantert av staten, det vil seie at dersom inntektene eit år ikkje er tilstrekkelege til å dekke utgiftene, pliktar staten å dekke underskotet dersom det ikkje er midlar i likviditetsfondet. Det følger av forarbeida til fiskarpensjonslova (Ot.prp. nr. 46 og Innst. O. VIII – begge for 1957) at det er ein klar føresetnad at det er fiskerinæringa sjølv som skal dekke alle kostnader knytte til Pensjonstrygda for fiskarar og administrasjonen av denne. Det er Garantikassa for fiskarar som administrerer pensjonstrygda.

Effektivisering i fiskerinæringa har ført til at det har blitt færre aktive fiskarar dei siste 20–30 åra, og dette har skapt ein ubalanse mellom talet på avgiftsbetalande fiskarar og pensjonistar. Som ei følge av dette har pensjonsutgiftene vore høgare enn inntektene, og det har vore behov for betydelege bidrag frå likviditetsfondet. Fondet blei oppbrukt i 2020, og som ei følge av det blei det ytt eit tilskot over statsbudsjettet til å dekke utgiftene ved ordninga i perioden 2020–2023.

For å sikre ein betre balanse mellom inntektene og utgiftene til ordninga har ein auka både medlemspremien og omsettingsavgifta i fleire omgangar. Medlemspremien og omsettingsavgifta utgjer i 2023 høvesvis 16 142 kroner og 0,4 pst.

Under Regjeringa Solberg varsla det daverande Arbeids- og sosialdepartementet i statsbudsjettet for 2020 ein gjennomgang av pensjonstrygda for fiskarar med sikte på å finne fram til ei varig løysing. Bakgrunnen for dette var dels at ordninga må tilpassast pensjonsreforma, dels at ho er underfinansiert. Som ei følge av dette sende departementet 16. september 2021 på høyring eit forslag om å lukke ordninga, slik at ho på sikt blei avvikla. I høyringsrunden reiste enkelte kritikk mot prosessen, og som ei følgje av det blei det hausten 2022 sett ned ei partssamansett arbeidsgruppe som fekk i oppdrag å greie ut om det var behov for ei særskild pensjonsløysing for fiskarar, og korleis denne i så fall burde vere. Sjå nærmare omtale under målet om gode og føreseielege pensjonar for dagens og framtidige generasjonar under punkt 6.7 og punkt 6.7.3 Igangverande prosessar på pensjonsområdet og overskrifta Pensjonstrygda for fiskarar.

Hovudtrekk ved regelverket

Pensjonstrygda for fiskarar blei oppretta ved lov 28. juni 1957 nr. 12. Ordninga er ei pliktig lovfesta tidlegpensjonsordning for aldersgruppa 60–67 år for personar som er oppførte på blad B i fiskarmanntalet.

For rett til pensjon må ein ha betalt premie i minimum 14,4 år (750 veker). Full pensjon oppnår ein når ein har betalt premie i 30 år (1 560 veker). Full årleg pensjon utgjer 1,6 G. Pensjonen blir regulert som alderspensjon i folketrygda. Pensjonen blir avkorta mot uføreytingar, arbeidsavklaringspengar og avtalefesta pensjon.

Ordninga er utlikningsfinansiert og er føresett å vere sjølvfinansiert av partane gjennom medlemspremie og avgift på omsetting av fisk. Trygda er garantert av staten.

Rapport

I 2023 var utgiftene til trygda på 180 mill. kroner, av dette utgjorde pensjonsutgiftene 175 mill. kroner, mens det resterande var utgifter til refusjon av medlemspremie og administrasjonsutgifter. Inntektene frå medlemspremien var på 74,5 mill. kroner, mens omsettingsavgifta var på 101 mill. kroner. Underskotet på 4,5 mill. kroner blei dekt opp ved tilskot frå staten.

Budsjettforslag 2025

Post 70 Tilskot

Utgiftsanslaget for 2025 inkluderer anslått effekt av trygdeoppgjeret i 2024 og 2025. Som følge av dette aukar utgiftsanslaget med 2,2 mill. kroner under kap. 665. Trygdeoppgjeret påverkar både inntekts- og utgiftssida i trygda.

Det er forventa at trygda vil gå med 12,7 mill. kroner i underskot i 2025, og at likviditetsfondet vil utgjere 8,3 mill. kroner ved utgangen av 2024. Dette inneber eit anslått statstilskot på 4,4 mill. kroner i 2025.

For 2025 er det foreslått ei løyving på 4,4 mill. kroner.

Kap. 666 Avtalefesta pensjon (AFP)

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2023

Saldert budsjett 2024

Forslag 2025

70

Tilskot, overslagsløyving

3 695 388

3 990 000

4 340 000

Sum kap. 666

3 695 388

3 990 000

4 340 000

Hovudtrekk ved regelverket

Staten gir tilskot til AFP etter lov 19. februar 2010 nr. 5 om statstilskot til arbeidstakarar som tar ut avtalefesta pensjon i privat sektor (AFP-tilskotslova). Tilskotet frå staten skal etter lova utgjere ein tredel av pensjonsutgiftene til AFP-pensjonistane. Staten skal og dekke utgiftene til eit kompensasjonstillegg som blir ytt til arbeidstakarar som er fødde i åra 1944–1962. Andelen staten står for av AFP-utbetalingane, når kompensasjonstillegget er medrekna, utgjorde 43 pst. i 2023.

Pensjonsutgiftene til AFP i privat sektor elles er det arbeidsgivarane som dekker. I tillegg til å dekke ein del av pensjonsutgiftene bidreg staten indirekte til finansieringa ved å dekke utgiftene frå administrasjonen Arbeids- og velferdsetaten gjer, ved at kompensasjonstillegget er skattefritt, og ved at det er skattefritak for premieinnbetalingane frå bedriftene. Dei direkte utgiftene staten hadde til statstilskot til AFP, var i 2023 på 3 695 mill. kroner.

Ytinga er utforma som eit livsvarig påslag til alderspensjonen frå folketrygda. Pensjonen blir berekna på grunnlag av alle år med pensjonsgivande inntekt til og med det året arbeidstakaren fyller 61 år. Årskulla fødde i 1944–1962 får også eit kompensasjonstillegg. Formålet med kompensasjonstillegget er å kompensere dei aktuelle årskulla som hadde kort tid igjen til pensjonering då pensjonsreglane blei endra, og dermed avgrensa moglegheiter til å tilpasse seg ny AFP. AFP blir berekna slik at summen av dei årlege utbetalingane skal vere uavhengig av når pensjonen blir tatt ut, det vil seie same nøytrale løysing som gjeld for alderspensjon frå folketrygda. AFP kan takast ut frå 62 år og fritt kombinerast med arbeidsinntekt. AFP-ordninga er ei kvalifikasjonsordning, det vil seie at arbeidstakarar må oppfylle bestemte krav for å ha rett til ytinga. Dei må mellom anna vere yrkesaktive på uttakstidspunktet og vere tilsette i ei bedrift som er omfatta av AFP-ordninga.

Tilsyn med ordninga osv.

Arbeids- og inkluderingsdepartementet fører tilsyn med Fellesordningen for AFP i privat sektor. Formålet med tilsynet er å sikre at administrasjonen og finansieringa av pensjonsordninga er i samsvar med føresegnene i AFP-tilskotslova og vedtektene. Departementet gjennomførte to tilsyn i 2023, i tråd med forskrift om tilsyn med AFP-ordningar. Riksrevisjonen får kopi av referata frå tilsynsmøta.

Ifølge AFP-tilskotslova skal premien til arbeidsgivarane fastsettast slik at han er stor nok til å dekke løpande utgifter og til å gi grunnlag for å legge seg opp eit pensjonsfond. Pensjonsfondet skal, saman med den erkjende plikta arbeidsgivarane har til å halde fram med premiebetaling etter at avtalane eventuelt har enda, gi tilstrekkeleg sikkerheit for å dekke dei forventa framtidige forpliktingane til arbeidsgivarane.

Ifølge årsrapporten for 2023 frå Fellesordningen for AFP i privat sektor svarte pensjonsforpliktingane til om lag 96 mrd. kroner, og pensjonsfondet var i overkant av 69 mrd. kroner, slik at pensjonsfondet utgjorde om lag 73 pst. av pensjonsforpliktingane til Fellesordningen. Ved årsslutt 2023 var det dermed vel 24 mrd. kroner av pensjonsforpliktingane til ordninga som ikkje var sikra i pensjonsfondet, men som i tråd med lova er sikra av den erkjende plikta arbeidsgivarane har til å halde fram med premiebetaling etter at avtalen eventuelt endar.

I tilsynsmøta med Fellesordningen har departementet tatt opp med dei om premiesatsen blir fastsett slik at han gir tilstrekkeleg sikkerheit for dekning av forpliktingane Fellesordningen har framover. Ifølge Fellesordningen følger styret deira kontinuerleg opp forholdet mellom forpliktingane og pensjonsfondet, bl.a. i samanheng med at styret behandlar årsresultatet, og når årets premiesats blir fastsett. Departementet vil i tilsynsmøta framover følgje med på utviklinga av forpliktingane og dekningsgrada til ordninga og på størrelsen på fondet.

Fakturert premie var i 2023 om lag 9 mrd. kroner. Utbetalingane til AFP i 2023 var om lag 4,9 mrd. kroner. Styret har fastsett premiesatsen for 2024 til 2,7 pst.

Styret i Fellesordningen har ifølge lova ansvar for plasseringa av midlane til fondet. Som eit ledd i tilsynsansvaret til departementet blir det no utført ei ekstern vurdering av kapitalforvaltningsstrategien til Fellesordningen. Vurderinga skal etter planen vere ferdig i løpet av 2024. Departementet vil komme tilbake til funn og konklusjonar.

Revisoren for Fellesordningen hadde ingen vesentlege merknader til rekneskapen for 2023.

Rapport

Utgiftsutviklinga

Det er berre AFP-ordninga i privat sektor som får statstilskot under kap. 666, post 70. I kommunal og statleg sektor dekker arbeidsgivaren utgiftene fullt ut.

Utgiftene til AFP under kap. 666 i 2023 var på 3 695 mill. kroner, mot 3 350 mill. kroner i 2022. Målt i løpande prisar var dette ein auke på 345 mill. kroner, eller 10,3 pst. Auken kjem av ein vekst i talet på mottakarar og i det gjennomsnittlege statstilskotet per mottakar.

Ettersom den nye AFP-ordninga i privat sektor framleis er under innfasing, må det forventast høg årleg vekst i talet på mottakarar og i utgiftene i åra framover også.

Viktige utviklingstrekk for grupper som er omfatta av kap. 666, post 70

Ved inngangen til 2024 var om lag 11 900 føretak med om lag 943 000 arbeidstakarar tilknytte ordninga. 123 817 pensjonistar fekk AFP i privat sektor ved utgangen av 2023, og av desse var 45 990 under 67 år. Auken frå utgangen av 2022 er på 10 196 personar. Den årlege auken i perioden 2011–2023 har vore på 9 000–10 000 personar.

Talet på mottakarar av AFP med statstilskot under kap. 666, post 70, tal ved utgangen av året, 2021–2023

År

Tal

Endring i pst. frå året før

I alt

Menn

Kvinner

I alt

Menn

Kvinner

2021

104 365

76 150

28 215

9,8

9,5

10,7

2022

113 621

82 543

31 078

8,9

8,4

10,1

2023

123 817

89 664

34 153

9,0

8,6

9,9

Det har vore ein omfattande vekst i talet på mottakarar av ny AFP i privat sektor. Veksten kjem i hovudsak av at AFP no blir gitt som eit livsvarig tillegg til alderspensjonen, og at den nye ordninga, som blei innført i 2011, framleis er under innfasing. Talet på mottakarar av ny AFP som andel av befolkninga i alderen 62–66 år har auka frå 3,3 pst. i 2011 til 14,9 pst. i 2023.

Talet på nye mottakarar av AFP med statstilskot under kap. 666, post 70, tal ved utgangen av året, 2021–2023

År

Tal

Endring i pst. frå året før

I alt

Menn

Kvinner

I alt

Menn

Kvinner

2021

10 202

7 277

2 925

0,7

-0,3

3,2

2022

10 254

7 204

3 050

0,5

-1,0

4,3

2023

11 329

8 054

3 275

10,5

11,8

7,4

Utviklinga i gjennomsnittleg AFP-pensjon

Ved utgangen av 2023 var den gjennomsnittlege årlege pensjonen 71 823 kroner for mottakarar av AFP. Den gjennomsnittlege pensjonen var høgare for menn enn for kvinner.

Gjennomsnittleg pensjon per 31. desember 2021–2023, nominelle beløp, kroner

År

Ny AFP

Alle

Kvinner

Menn

2021

68 351

61 253

70 971

2022

69 752

62 471

72 476

2023

71 823

64 334

74 657

Dei fleste som tar ut AFP, startar uttaket når dei fyller 62 år. I 2023 gjaldt dette 84 pst. av dei nye mottakarane. Andelen som tar ut AFP ved 62 år, har variert mellom 55 og 87 pst. sidan 2011. 97 pst. av dei som tok ut AFP i 2023, tok ut ytinga før dei fylte 67 år.

Blant mottakarane av AFP i alderen 62–66 år var det 65 pst. som kombinerte pensjonen med arbeid ved utgangen av 2023, ein auke frå 63 pst. ved utgangen av 2022.

At det er mogleg å kombinere arbeid og pensjon utan avkorting, har ført til at mange som elles ikkje ville tatt ut pensjon, no har tatt ut alderspensjon og AFP ved sida av arbeid.

Dei i alderen 62–66 år som kombinerte AFP med arbeid, hadde ei gjennomsnittleg avtalt arbeidstid på 33,5 timar per veke, noko som viser at dei fleste arbeider opp mot heiltid. Dette var ein liten auke samanlikna med 2022.

Budsjettforslag 2025

Post 70 Tilskot, overslagsløyving

Det er lagt til grunn eit gjennomsnittleg statleg bidrag på om lag 31 200 kroner per mottakar og eit gjennomsnittleg tal på pensjonistar på 138 800 personar.

Utgiftsanslaget for 2025 inkluderer anslått effekt av trygdeoppgjeret i 2024 og 2025. Som følge av dette aukar utgiftsanslaget med 93 mill. kroner under kap. 666.

For 2025 er det foreslått ei løyving på 4 340 mill. kroner.

Kap. 667 Supplerande stønad

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2023

Saldert budsjett 2024

Forslag 2025

70

Tilskot til personar over 67 år med kort butid, overslagsløyving

477 518

400 000

420 000

71

Tilskot til uføre flyktningar med kort butid, overslagsløyving

176 000

260 000

Sum kap. 667

477 518

576 000

680 000

Supplerande stønad har som formål å garantere ei minsteinntekt for personar med kort butid i Noreg. Ordninga er meint å avlaste kommunane med tanke på utgiftene dei har til økonomisk stønad til den aktuelle gruppa. Stønaden er behovsprøvd.

Hovudtrekk ved regelverket

Stønaden er regulert i lov 29. april 2005 om supplerande stønad til personar med kort butid i Noreg og er ikkje ei folketrygdyting. For å ha rett til stønad må ein ha rett til opphald, og vere busett, i Noreg. Det krevst ikkje avgiftsbetaling, og ordninga har klare trekk av å vere ei sosialhjelpsordning.

Ordninga sikrar personar som har fylt 67 år, og som har liten eller ingen alderspensjon frå folketrygda, ei inntekt på nivå med garantipensjon frå folketrygda.

Frå 2021 omfattar ordninga også uføre flyktningar. For å få stønad må ein ha fått behandla kravet sitt om uføretrygd, og det må vere konkludert med at vilkåra i folketrygdlova for rett til uføretrygd er oppfylte, med unntak av kravet om å ha medlemskap på førehand. Denne gruppa blir sikra ein stønad inntil den minste årlege ytinga for uføretrygd frå folketrygda.

Stønaden blir gitt etter ei streng behovsprøving og blir redusert eller fell bort dersom mottakaren har pensjon, inntekt eller formue. Det same skjer dersom ektefellen, sambuaren eller den registrerte partnaren har det. Det er vidare avgrensa kor lenge dei som får stønaden, kan opphalde seg i utlandet. Søknad må derfor settast fram ved personleg oppmøte, og stønaden blir berre gitt for tolv månader om gongen.

Trygdeforordninga (forordning 883/2004) har ei eiga føresegn i artikkel 70 om «særlige ikke-avgiftsbaserte kontantytelser». For å bli omfatta av denne kategorien av ytingar må ytingane vere førte opp i vedlegg X til forordninga. Dette er gjort for ordninga med supplerande stønad gjennom EØS-komiteens vedtak 1. juli 2011, nr. 76/2011, sjå EØS-avtalen vedlegg VI, del I, nr. 1, bokstav k. Dette inneber at trygdeforordninga ikkje får full verknad for stønaden, og ho kan vere unntatt frå eksport også innanfor EØS.

Rapport

Ved utgangen av 2023 var det 2 855 mottakarar av supplerande stønad over 67 år. Det er 152 fleire enn ved utgangen av 2022. Frå 2021 har ordninga også omfatta uføre flyktningar. Dette er mottakarar under 67 år. Førebelse tal per desember 2023 viser at det da var 683 uføre flyktningar som fekk supplerande stønad. 43 pst. av dei var kvinner og 57 pst. menn. Om lag to tredelar av mottakarane over 67 år er einslege, og om lag 61 pst. er kvinner. Ved utgangen av 2023 fekk 91 pst. av mottakarane over 67 år redusert yting, dei aller fleste fordi dei også fekk alderspensjon frå folketrygda. For åttande året på rad i 2023 var andelen kvinner med redusert yting høgare enn andelen menn med redusert yting, høvesvis 91,3 pst. og 89 pst. Over tid har andelen med redusert yting auka fordi mottakarane i gjennomsnitt har høgare opptening av rettar ved alderspensjon enn før.

I 2023 fekk 5,3 pst. av innvandrarane over 67 år supplerande stønad. Mottakarane er hovudsakleg innvandrarar frå land med lite utbygde sikringssystem i Afrika, Asia og Aust-Europa utanfor EU. Mange har budd lenge nok i Noreg til å ha fått norsk statsborgarskap. Blant mottakarane i desember 2023 var 69 personar fødde i Noreg.

Utgiftene til supplerande stønad var 478 mill. kroner i 2023. Utgiftene til uføre flyktningar var 121 mill. kroner, mens utgiftene til mottakarar over 67 år var 357 mill. kroner. Blant uføre flyktningar var den gjennomsnittlege årlege ytinga 220 500 kroner i 2023, og blant mottakarar over 67 år var ho 129 850 kroner i. Blant mottakarar over 67 år har den gjennomsnittlege ytinga (i faste kroner) gått ned. Det er fordi mottakarane i stadig større grad har andre inntekter ved sida av.

Talet på personar med supplerande stønad, andel med redusert yting og gjennomsnittleg yting, gjennomsnitt for året. 2021–2023

År

Gjennomsnittleg antal stønadsmottakarar

Andel med redusert yting, pst.

Gjennomsnittleg yting, nominelle kroner

Gjennomsnittleg ytingi 2023-kroner

2021

2 531

90,50

120 261

133 495

2022

2 609

90,00

126 164

133 582

2023

2 747

90,68

129 848

129 848

Utgiftsutviklinga 2021–2023

År

Mill. 2023-kroner

Endring frå året før

Endring i pst.

Mill. kroner (nominelle kroner)

Endring frå året før

Endring i pst.

2021

338

-25

-7

304

-11

-3

2022

348

11

3

329

25

8

2023

357

8

2

357

28

8

Talet på uføre flyktningar med supplerande stønad (mottakarar under 67 år), del med redusert yting og gjennomsnittleg yting, gjennomsnitt for året. 2021–2023.

År

Gjennomsnittleg tal på stønadsmottakarar

Andel med redusert yting, pst.1

Gjennomsnittleg yting, nominelle kroner

Gjennomsnittleg yting i 2023-kroner

2021

39

33

217 505

241 438

2022

259

42

215 399

228 063

2023

548

41

220 575

220 575

1 Andelen er berekna frå mottakarar per desember, og blant mottakarar som har fleire enn 1 periode med stønad.

Utgiftsutviklinga 2021–2023

År

Mill. 2022-kroner

Endring frå året før

Endring i pst.

Mill. kroner (nominelle kroner)

Endring frå året før

Endring i pst.

2021

9

9

8

8

2022

59

50

530

56

47

560

2023

121

62

104

121

65

116

Budsjettforslag for 2025

Frå 2024 består kapittel 667 av to postar for høvesvis tilskot til personar over 67 år og tilskot til uføre flyktningar. Denne endringa gjer det enklare å skilje mellom dei to gruppene både i budsjettforslaget kvart år og når utviklinga blir følgd over tid. Dette får likevel ingen ytterlegare betydning for budsjettforslaget.

Post 70 Tilskot til personar over 67 år med kort butid, overslagsløyving

Det er lagt til grunn eit gjennomsnittleg tal på mottakarar på 3 010 og ei gjennomsnittleg yting på 139 279 kroner.

Utgiftsanslaget for 2025 inkluderer anslått effekt av trygdeoppgjeret i 2024 og 2025. Som følge av dette aukar utgiftsanslaget med 15 mill. kroner på post 70.

For 2025 er det foreslått ei løyving på 420 mill. kroner.

Post 71 Tilskot til uføre flyktningar med kort butid, overslagsløyving

Det er lagt til grunn eit gjennomsnittleg tal på mottakarar på 1 107 og ei gjennomsnittleg yting på 232 386 kroner.

Utgiftsanslaget for 2025 inkluderer anslått effekt av trygdeoppgjeret i 2024 og 2025. Som følge av dette aukar utgiftsanslaget med 11 mill. kroner på post 71.

For 2025 er det foreslått ei løyving på 260 mill. kroner.

Programkategori 09.70 Integrering og mangfald

Utgifter under programkategori 09.70 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2023

Saldert budsjett 2024

Forslag 2025

Endring i pst.

670

Integrerings- og mangfaldsdirektoratet

367 764

377 140

422 400

12,0

671

Busetting av flyktningar og tiltak for innvandrarar

19 838 061

26 017 994

25 697 045

-1,2

672

Opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar

2 293 349

2 395 146

2 185 205

-8,8

Sum kategori 09.70

22 499 174

28 790 280

28 304 650

-1,7

Utgifter under programkategori 09.70 fordelte på postgrupper

(i 1 000 kr)

Post-gr.

Nemning

Rekneskap 2023

Saldert budsjett 2024

Forslag 2025

Endring i pst.

01–29

Statens eigne driftsutgifter

561 407

497 030

566 425

14,0

30–49

Nybygg, anlegg o.a.

59 844

60 940

67 305

10,4

50–89

Overføringar til andre

21 877 923

28 232 310

27 670 920

-2,0

Sum kategori 09.70

22 499 174

28 790 280

28 304 650

-1,7

Inntekter under programkategori 09.70 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2023

Saldert budsjett 2024

Forslag 2025

Endring i pst.

3671

Busetting av flyktningar og tiltak for innvandrarar

17 300

12 779

13 265

3,8

3672

Opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar

52 233

40 261

68 726

70,7

Sum kategori 09.70

69 533

53 040

81 991

54,6

Kap. 670 Integrerings- og mangfaldsdirektoratet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2023

Saldert budsjett 2024

Forslag 2025

01

Driftsutgifter

367 764

377 140

392 400

21

Spesielle driftsutgifter, kan overførast

30 000

Sum kap. 670

367 764

377 140

422 400

  • Overført frå 2023 til 2024:

  • Post 01: kr 17 002 000

Allmenn omtale

Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi) skal sørge for iverksetting og oppfølging av integreringspolitikken, vere pådrivar og bidra til samordning av integreringsarbeidet.

IMDi skal legge til rette for rask og treffsikker busetting av nykomne flyktningar og dessutan sikre god kvalitet i kvalifiserings- og integreringstilbodet. IMDi er eit fagdirektorat og nasjonalt kompetansesenter med ansvar for integreringsfeltet, irekna tolking i offentleg sektor og arbeid mot negativ sosial kontroll og æresrelatert vald. IMDi hadde 264 tilsette per 31. desember 2023. Desse var lokaliserte i Oslo (178 tilsette) og Narvik (26 tilsette). 60 mangfaldsrådgivarar var plasserte på skolar rundt om i landet.

Rapportering, strategiar og tiltak for 2025

IMDi skal sørge for rask busetting og integrering av nykomne flyktningar og legge til rette for at fleire med innvandrarbakgrunn deltar i arbeids- og samfunnsliv.

Russlands fullskalainvasjon av Ukraina har ført til at vi i Noreg har fått eit stort antal flyktningar frå våre eigne nærområde. Dei høge innreisetala frå Ukraina har lagt eit stort press på utlendingsforvaltninga i breitt og prega arbeidet til IMDi sidan 2022. Direktoratet har hatt ei viktig rolle og bidratt til at det har blitt busett rekordmange flyktningar dei siste åra. Dette har IMDi gjort i samarbeid med blant andre kommunane, ansvarlege sektormyndigheiter og frivillige organisasjonar. Det har blitt utvikla nye digitale løysingar, utvikla nye rettleiingar og foreslått ei rekke tiltak for å gi rask busetting, kvalifisering og arbeidsmarknadsintegrering. Målet til regjeringa er at dei fordrivne frå Ukraina skal komme raskt i arbeid eller annan aktivitet. Dei fleste av dei fordrivne deltar i introduksjonsprogram, og behovet for norskopplæring har vore større enn først antatt. For å støtte arbeidet i kommunane og samarbeidet med tenester elles har IMDi gjennomført ei rekke kompetansehevande tiltak retta mot kommunane.

Flyktningar blir busette raskt og treffsikkert over heile landet

Busetting av flyktningar skjer i eit samarbeid mellom stat og kommune. IMDi har det statlege ansvaret for busetting av flyktningar og samtidig ei pådrivarrolle på tvers av etatar og forvaltningsnivå. For å vareta heilskapsperspektivet og sikre eit koordinert busettingsarbeid samarbeider IMDi med Utlendingsdirektoratet (UDI), Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir), Helsedirektoratet (Hdir), Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir), Husbanken, kommunar og fylkeskommunar, statsforvaltarar og KS (kommunesektorens organisasjon). IMDi har tett dialog og samarbeid med alle aktuelle partar om mottak og busetting av fordrivne frå Ukraina og flyktningar frå andre land.

Kartlegging av flyktningane skal bidra til at koplinga mellom den enkelte flyktningen og busettingskommunen blir treffsikker. Formålet er at flyktningar skal få tilbod om tilpassa kvalifisering og relevante tenester etter dei er busette. IMDi har ansvaret for kompetansekartlegging av overføringsflyktningar, mens vertskommunar for mottak skal kartlegge mottaksbebuarar. Busettingskommunar kartlegg kompetansen til flyktningane som ikkje har blitt kartlagt før busetting.

Ekstraordinært høge innreisetal frå Ukraina førte til at busettingsbehovet blei seksdobla i 2022 og 2023. Svært mange har blitt og vil bli busette i 2024. I 2025 kan behovet for busetting òg bli ekstraordinært høgt, men prognosane er svært usikre. Trass i dei høge tala på innkomstar, har busettingstempoet vore historisk høgt sidan 2022. Den gjennomsnittlege ventetida for busetting av flyktningar var 2,5 månader i 2023, og har vore låg også så langt i 2024. Per 1. september ligg gjennomsnittleg ventetid for busette i 2024 på 3,1 månader.

Som følgje av krigen i Ukraina er det gjort tilpassingar i integreringslova. Tilpassingane skal bidra til raskare busetting av flyktningar frå Ukraina og til at kommunar og fylkeskommunar skal kunne handtere situasjonen og tilpasse tenestetilbodet sitt.

Innvandrarar kjem i jobb og får stabil tilknyting til arbeidslivet

Regjeringas integreringspolitikk skal bidra til at fleire innvandrarar kjem i arbeid og blir sjølvforsørga. For mange innvandrarar står i dag utanfor arbeidslivet. Regjeringa vil at fleire skal komme inn i og få stabil tilknyting til det seriøse arbeidslivet. Deltaking i arbeidslivet og sjølvforsørging er viktig for kvar enkelt, for den norske økonomien og for den politiske oppslutnaden om velferdsordningane og om ein rettferdig og konsekvent innvandringspolitikk.

Det er sentralt at nykomne flyktningar og fordrivne får tilbod om kvalifisering av god kvalitet, og at dei gjennomfører kvalifiseringa. Dette skal både sikre rask overgang til arbeid for nykomne som har med seg kompetanse og relevant erfaring, og tilførsel av formell kompetanse til dei som treng det for å oppnå ei stabil tilknyting til arbeidslivet. Kvalifiseringstiltaka skal fylle gapet mellom kompetansen den enkelte har, og det arbeidsmarknaden treng. IMDi skal gjere aktørar som tilbyr kvalifiseringstiltak, i betre stand til å gjere gode prioriteringar og utvikle god praksis. Det er mange ulike aktørar på kvalifiseringsfeltet, og kvalifisering av nykomne innvandrarar skjer i vaksenopplæring, vidaregåande opplæring, høgare utdanning, arbeidsmarknadstiltak og tilbod og aktivitetar i frivillig sektor, for de fleste gjennom introduksjonsprogrammet. Arbeidsgivarar er heilt sentrale aktørar for å sikre god arbeidsmarknadsintegrering.

Det er eit stort behov for samordning og samhandling mellom aktørar, ordningar og verkemiddel. Innsatsen til IMDi skal bidra til at kommunane og fylkeskommunane kan jobbe kunnskapsbasert, og at arbeidsgivarar får nødvendig støtte i inkluderinga av nykomne innvandrarar. IMDi gjennomfører evalueringar, FoU-prosjekt og kompetanseheving og gir tilskot for å sikre god praksis på tvers av kommunar og andre aktørar.

Introduksjonsprogrammet er det viktigaste verkemiddelet for å kvalifisere nykomne flyktningar til arbeid og til å forsørge seg sjølve. Busettings- og kvalifiseringsarbeidet har vore krevjande dei siste åra som følge av krigen i Ukraina. IMDi har jobba målretta for å gjere kvalifiseringstilboda til nykomne meir effektive. Direktoratet har utvikla ei rekke kompetansepakkar, og lanserte bl.a. kompetansepakkar om arbeidsretta introduksjonsprogram og fleksibel arbeidsretta norskopplæring i februar 2024. Kompetansepakkane er utarbeidde i samarbeid med Arbeids- og velferdsdirektoratet (AVdir) og HK-dir og er retta mot programrådgivarar, rettleiarar og leiarar i Arbeids- og velferdsetaten, vaksenopplæringa eller flyktningtenesta. Målet med kompetansepakkane er bl.a. å bidra til at deltakarar i introduksjonsprogram får gode arbeidsretta program, slik at dei kjem i jobb og blir ein del av det norske arbeidslivet.

IMDi har dei siste åra lagt til rette for kompetanseheving og erfaringsdeling for å sikre at implementeringa av integreringslova som tok til å gjelde 1. januar 2021, held fram. Også implementeringa av det midlertidige kapittel 6A i integreringslova, som Stortinget vedtok våren 2022 i samanheng med dei store innkomstane av fordrivne frå Ukraina, har vore ein viktig del av arbeidet til direktoratet. Dei vedtatte tilpassingane i integreringslova for fordrivne frå Ukraina har som mål å gi kommunane fleksible rammer og sikre at personar med midlertidig kollektivt vern kan delta i kvalifiseringstilbod som gir overgang til arbeid. Ulike lovverk og midlertidige reglar, og dessutan mange nytilsette i kommunane for å handtere innreisevolumet, har medført at det har vore eit stort behov for rettleiing og teknisk støtte til kommunane i 2022 og 2023. Statsforvaltarane har dei siste tre åra hatt i oppdrag å rettleie kommunane med deira etterleving av det midlertidige kapittelet i integreringslova.

På grunn av det store antalet med kollektivt vern og med bakgrunn i rolla arbeidsgivarane speler i inkluderinga av alle nykomne, har IMDi bl.a. lagt meir vekt på arbeidsgivarrolla i kvalifiseringsarbeidet. Dette har dei gjort gjennom å formidle rettleiing, informasjon og kunnskap, og ved hjelp av støtteverktøy for arbeidsgivarar som skal bidra til at dei blir meir bevisste på mangfald som ein ressurs.

Fleire innvandrarar deltar i samfunnslivet

IMDi har ei viktig oppgåve i jobbe for å redusere barrierar som kan hindra deltaking i arbeids- og samfunnsliv. Det inneber bl.a. arbeid mot negativ sosial kontroll og æresrelatert vald, arbeid mot rasisme og diskriminering og arbeid for å styrke både rolla og kompetansen kommunane og frivillige har i integrerings- og inkluderingsarbeidet. IMDi skal bidra til auka deltaking i og initiativ frå sivilsamfunnet for å oppnå målet om at fleire innvandrarar deltar i arbeids- og samfunnsliv.

Pådrivar- og samordningsrolla til IMDi er avgjerande bl.a. for å sikre at økonomiske verkemiddel, som tilskot til frivillige organisasjonar, bidrar til auka samfunnsdeltaking. Eit viktig pedagogisk verkemiddel for IMDi er rettleiing til frivillige organisasjonar og kommunar som forvaltar tilskot til lokalt integreringsarbeid. Samarbeidet bidrar til at organisasjonar og kommunar drar nytte av erfaringsdeling seg imellom. IMDi har hatt løpande kontakt med kommunane det siste året og har følgt opp kommunane gjennom fleire møte for å forbetre og standardisere praksisen knytt til tilskotsforvaltning – særleg praksisen for å rapportere om måloppnåing.

IMDi skal støtte opp om frivillig innsats og bidra til at frivillige organisasjonar har høg aktivitet og eit breitt nedslagsfelt. IMDi forvaltar to tilskotsordningar som skal styrke den rolla frivillige organisasjonar har i arbeidet med inkludering og integrering. Tilskotsordningane blei evaluert i 2024. Evalueringa fann bl.a. at ordningane bidrar til auka aktivitet og betre samspel mellom kommunane og frivillige organisasjonar. Departementet og IMDi vil vurdere funna i det vidare arbeidet med å styrke frivilligheita si rolle i integreringsarbeidet. Sidan 2022 har IMDi samla eit ungdomspanel med ungdommar frå heile landet. Panelet gir viktige innspel om bl.a. sivilsamfunnet si rolle i integreringsarbeidet, negativ sosial kontroll og æresrelatert vald, og rasisme og diskriminering som barrierar for integrering. IMDi har også etablert ein referansegruppe med representantar frå innvandrarorganisasjonar og sivilsamfunnet elles. Referansegruppa har følgt arbeidet med å styrke sivilsamfunnet si rolle på integreringsfeltet og har komme med innspel til regjeringa sitt arbeid, jf. Hverdagsintegrering – Strategi for å styrke sivilsamfunnets rolle på integreringsfeltet 2021–2024.

IMDi har ei sentral rolle i det førebyggande arbeidet og tidleg innsats mot negativ sosial kontroll, æresrelatert vald, tvangsekteskap og kjønnslemlesting. Direktoratet har ansvaret for å følge opp mange av tiltaka i handlingsplanen Frihet fra negativ sosial kontroll og æresrelatert vold (2021–2024). I 2024 har IMDi 65 mangfaldsrådgievarar på ungdomsskolar, vidaregåande skolar og på vaksenopplæringssenter over heile landet. Desse gir råd og rettleiing til utsette elevar. I 2023 rettleidde dei i til saman 899 saker. Ordninga endra namn frå minoritetsrådgivar til mangfaldsrådgivar i november 2023. Etter forslag frå regjeringa blei ordninga styrka med seks mangfaldsrådgivarar i statsbudsjettet for 2024. Det er viktig med tidleg innsats, og dei fire siste åra har IMDi hatt ein pilot med mangfaldsrådgivarar på ungdomskolar i utsette byområde og vaksenopplæringssenter. Piloten er følgeevaluert og sluttrapporten blei levert hausten 2024.

Det er viktig at tilsette som jobbar i tenester som kan møte utsette, for eksempel lærarar, politifolk og tilsette i barnevernet og helsesektoren, har kunnskap om korleis dei skal avdekke negativ sosial kontroll og æresrelatert vald, og korleis dei skal rettleie og hjelpe personar som er utsette for det. Kompetanseheving er derfor ein sentral del av arbeidet IMDi gjer på dette feltet. Mangfaldsrådgivarar, spesialutsendingar for integreringssaker ved utanriksstasjonar og IMDis fagteam for førebygging av negativ sosial kontroll og æresrelatert vald gjennomførte i 2023 ei rekke kompetansehevingstiltak for tilsette i ulike tenester over heile Noreg. IMDi driv også nettportalen Nora, som gir informasjon om rettar og kven ein kan kontakte for å få hjelp.

Det nasjonale tverretatlege kompetanseteamet mot negativ sosial kontroll og æresrelatert vald er også ei viktig teneste, som rettleier og gir råd til dei ordinære tenestene, til dømes tilsette i politi, barnehagar, skolar, asylmottak, helsestasjon, barnevernstenesta, krisesenter, norske utanriksstasjonar og UDI, om korleis dei skal handtere enkeltsaker og følge opp utsette. Teamet bidrar også med kompetanseheving til tilsette i dei ordinære tenestene gjennom å halde foredrag og seminar om tematikken. Teamet består i 2024 av i underkant av tolv stillingar, med representantar frå Bufdir, IMDi, UDI, Politidirektoratet, AVdir og Hdir. I tillegg blei teamet i 2024 utvida med ein representant frå Utdanningsdirektoratet (Udir) som har ansvar for spørsmål som gjeld barn i barnehage og skole, og støtteapparatet rundt.

Stadig fleire kontaktar Kompetanseteamet, og i 2023 rettleidde dei i 1 137 enkeltsaker. Bufdir har ansvar for koordinering og dagleg drift av kompetanseteamet.

I tillegg til å rettleie i enkeltsaker og drive kompetanseheving skal kompetanseteamet forvalte refusjonsordninga som dekker retur til Noreg for personar som blir utsette for negativ sosial kontroll og æresrelatert vald i utlandet. Teamet er også kontaktpunkt for Utanriksdepartementet i saker der utsette personar oppheld seg i utlandet. Teamet bistår med kartlegging og koordinerer kontakten med aktuelle etatar i Noreg. Kompetanseteamet koordinerer og tildeler også plassar i det nasjonale bu- og støttetilbodet for personar over 18 år som er utsette for negativ sosial kontroll og æresrelatert vald. I 2024 blei bu- og støttetilbodet utvida med ei pilotordning for personar som har returnert frå ufrivillig utanlandsopphald og har store hjelpebehov, men som ikkje fyller kriteria for å få ein plass i det ordinære bu- og støttetilbodet fordi dei ikkje er trusselutsette eller fordi dei har ein tilleggsproblematikk som av hensyn til eigen eller andres sikkerhet ikkje er kan foreinast med eit opphald i butilbodet.

Lov om offentlege organs ansvar for bruk av tolk mv. (tolkelova) pålegg offentlege organ å nytte tolk når det er nødvendig for å vareta rettssikkerheit og forsvarleg hjelp og teneste for minoritetsspråklege innbyggarar. Talet på tolkeoppdrag i offentleg sektor har auka med 40 pst. frå 2022 til 2023, jf. Tolkemonitor SPRÅK 2023.

IMDi er nasjonal fagmyndigheit for tolking i offentleg sektor. Direktoratet har ei sentral rolle i å rettleie om tolkelova og bruk av tolk i offentleg sektor, i å bidra til at offentlege verksemder bestiller og bruker kvalifiserte tolkar, og i å sikre at det blir kvalifisert nok tolkar i aktuelle språk. IMDi har også ansvar for å drifte Nasjonalt tolkeregister og for kunnskapsutviklinga på feltet.

Post 01 Driftsutgifter

Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi) er fagdirektorat, premissleverandør og utøvande organ for integreringspolitikken. IMDi samarbeider med sektormyndigheiter, kommunane og fylkeskommunane.

Budsjettforslag 2025

Det er venta at det framleis vil komme mange flyktningar frå Ukraina framover. For at IMDi skal kunne handtere høge innreisetal også i tida som kjem, og for at dei skal kunne følge opp den rekordhøge busettinga dei siste åra, foreslår regjeringa å føre vidare den midlertidige ekstraløyvinga til IMDi og dermed løyve 60 mill. kroner i 2025.

Regjeringa foreslår å auke ramma for mangfaldsrådgivarordninga med 4 mill. kroner, som vil finansiere fire stillingar. Midlane skal gå til å styrke ordninga for å sikre tidleg innsats mot negativ sosial kontroll og æresrelatert vald.

Det er etablert ein ny finansieringsmodell for kompetanseteamet mot negativ sosial kontroll og æresrelatert vald. Teamet blir koordinert av Bufdir, med representantar frå IMDi, UDI, Politidirektoratet, AVdir, Hdir og Udir. Den nye finansieringsmodellen inneber at deltakinga frå representantane i teamet blir finansiert frå direktorata sine eigne driftspostar. Formålet med det er å forenkle finansieringa av teamet, klargjere styringslinjene for representantane og synleggjere fagområda som er representerte i teamet. Departementet foreslår derfor å auke løyvinga under posten med 1 mill. kroner, mot ein tilsvarande reduksjon på kap. 858 Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet og fellesfunksjonar i Barne- ungdoms- og familieetaten, post 01 Driftsutgifter. Løyvinga skal gå til ein stillingsressurs i IMDi for deltaking i kompetanseteamet. I 2025 består teamet totalt av 13,5 stillingar, med følgande fordeling:

Ansvarlig departement

Direktorat

Antal stillingar

Arbeids- og inkluderingsdepartementet

Bufdir (drift, koordinering, kompetanseheving, forvalte refusjonsordning og bo- og støttetilbud, koordinere retur og oppfølging av utsatte for ufrivillige utenlandsopphold m.v.)

5,5

Arbeids- og inkluderingsdepartementet

AVdir

2

Arbeids- og inkluderingsdepartementet

IMDi

1,5

Justis- og beredskapsdepartementet

POD

1

Justis- og beredskapsdepartementet

UDI

1

Helse- og omsorgsdepartementet

Hdir

1

Kunnskapsdepartementet

Udir

1

Barne- og familiedepartementet

Bufdir (barnefaglig ansvar)

0,5

Totalt

13,5

Regjeringa foreslår tilskot til frivillige organisasjonar under kap. 671, post 71 til tiltak retta mot å skape sosiale møteplassar for gutar og unge menn, for å førebygge kriminalitet og rekruttering til kriminelle miljø. Tiltaket er ein del av ei satsing frå regjeringa for å førebygge utanforskap og kriminalitet blant barn og unge. Regjeringa foreslår å auke løyvinga til IMDis driftspost med 1 mill. kroner til saksbehandling og oppfølging i IMDi.

Regjeringa foreslår å redusere kvoten for talet på overføringsflyktningar frå 1 000 til 200 i 2025. Løyvinga til arbeid med uttak og busetting av overføringsflyktningar er redusert med 4,5 mill. kroner.

Vidare foreslår regjeringa å redusere løyvinga med 0,3 mill. kroner, mot ein tilsvarande auke på kap. 1605 Direktoratet for forvaltning og økonomistyring (DFØ), post 01 Driftsutgifter. Midlane er knytte til tilleggstenesta brukarstøtte og avtalte drifts- og forvaltningskostnader for systemløysinga DFØ lønnsforhandlingar i IMDi.

For 2025 er det foreslått ei løyving på 392,4 mill. kroner.

Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast (NY)

Frå 2025 blir FoU-midlane til Integrerings- og mangfaldsdirektoratet samla under kap. 670, post 21. Løyvinga skal nyttast til forskings- og utviklingsprosjekt, evalueringar, informasjon og rettleiing og kunnskapsoppsummeringar for å utvikle og formidle kunnskap om integrering og mangfald. Midlane skal bidra til å auke kunnskapen om integrering bland myndigheitene og aktørar med ansvar for integreringspolitikk. Løyvinga på posten skal også dekke utgifter til berekningsutvalet som kartlegg utgiftene kommunane har til busetting og integrering av flyktningar.

Budsjettforslag 2025

Det blir foreslått ein auke på 30 mill. kroner, mot ein tilsvarande reduksjon på kap. 601, post 21. For 2025 er det foreslått ei løyving på 30 mill. kroner.

Kap. 3670 Integrerings- og mangfaldsdirektoratet

Løyvinga under kap. 670 Integrerings- og mangfaldsdirektoratet, post 01 Driftsutgifter, kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3670, post 01, jf. romartalsvedtak II.

Kap. 671 Busetting av flyktningar og tiltak for innvandrarar

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2023

Saldert budsjett 2024

Forslag 2025

21

Spesielle driftsutgifter, kan overførast

73 605

45

Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast

59 844

48 940

51 140

60

Integreringstilskot, kan overførast

18 026 295

23 627 135

22 865 771

61

Særskilt tilskot ved busetting av einslege mindreårige flyktningar, overslagsløyving

1 166 887

1 788 725

2 166 297

62

Kommunale integreringstiltak

240 322

291 393

337 587

70

Busettingsordninga og integreringstilskot, oppfølging

2 538

2 645

2 746

71

Tilskot til integreringsarbeid i regi av sivilsamfunn og frivillige organisasjonar

226 724

217 493

230 524

72

Kvalifiseringsordninga for tolkar

21 652

21 513

22 330

73

Tilskot

20 194

20 150

20 650

Sum kap. 671

19 838 061

26 017 994

25 697 045

  • Overført frå 2023 til 2024:

  • Post 45: 12 501 000 kroner

Kap. 671 omfattar integreringstilskot og særskilt tilskot ved busetting av einslege mindreårige som går til kommunar for arbeidet med busetting, kvalifisering og integrering av flyktningar. Kapittelet omfattar også ulike tilskotsordningar der kommunar og fylkeskommunar kan søke om tilskot til å styrke og vidareutvikle kvalifiserings- og integreringsarbeidet og dessutan midlar til KS (kommunesektorens organisasjon) for arbeidet deira på feltet. Vidare ligg tilskot til sivilsamfunn og frivillige organisasjonar på integreringsfeltet og tilskot til kvalifiseringsordningar under dette kapittelet. Kapittelet omfattar også midlar til digitaliseringsarbeid i regi av IMDi.

Post 21 Spesielle driftsutgifter

Løyvinga har blitt nytta til evalueringar, forskings- og utviklingsprosjekt, informasjon og rettleiing og til kunnskapsoppsummeringar for å utvikle og formidle kunnskap om integrering og mangfald. Løyvinga har også gått til ulike samarbeids- og rammeavtalar og forskingsprogram med integreringsfaglege tema og dessutan til utvalsarbeid. Midlane på posten blei frå 2024 overført til kap. 601, post 21 for å samle løyvingane til forsking og utvikling i departementet.

Midlane har bidratt til å auke kunnskapen om integrering blant myndigheitene og aktørar med ansvar for integreringspolitikk. Ein del av midlane er nytta til prosjekt som inngår i samarbeidsavtalen med Statistisk sentralbyrå (SSB) om å utvikle og halde ved like statistikk og analysar som er relevante for innvandrings- og integreringspolitikken. Midlane på posten har også gått til forsking om sivilsamfunnet og frivillig sektor i regi av NORCE Norwegian Research Centre og Institutt for samfunnsforskning (ISF) og til rammeavtalar med Nasjonalt kunnskapssenter om vald og traumatisk stress (NKVTS) og Velferdsforskingsinstituttet NOVA. Vidare har løyvinga dekt utgifter til Ekstremismekommisjonen, lovutvalet om negativ sosial kontroll og berekningsutvalet som kartlegg utgiftene kommunane har til busetting og integrering av flyktningar og familiemedlemmer. Midlane har i tillegg bidratt til forsking på busetting og integrering av flyktningar frå Ukraina. IMDis forskings- og utgreiingsarbeid er også dekt av løyvinga.

Nedanfor er det lista opp døme på oppdrag som blei ferdigstilte i 2023:

  • Evaluering av Kompetanseteamet mot tvangsekteskap, kjønnslemlestelse og negativ sosial kontroll (Proba 2023)

  • Flyktninger med store helseutfordringer – Bruk av helseinformasjon i arbeid med bosetting og kvalifisering (NTNU 2023)

  • Omfang av vold og overgrep i den norske befolkningen (NKVTS 2023)

  • Transnasjonal undertrykking – begrepsavklaring og sektoransvar (Proba 2023)

Post 45 Større utstyrsanskaffingar og vedlikehald, kan overførast

Løyvinga på posten skal nyttast til å utvikle gode digitale verktøy som skal gjere arbeidet med busetting, integrering og tilskotsforvaltning enklare. Dei digitale løysingane til IMDi skal gi effektive system for brukarane, bidra til betre resultat i integreringsarbeidet og sikre ei meir einskapleg behandling av kommunar og flyktningar.

Midlane har bl.a. bidratt til å ferdigstille registreringsløysingar for Jobbsjansen og mangfaldsrådgivarane. Desse registerløysingane bidrar til betre styringsdata, statistikk og grunnlag for forsking. Det er også ferdigstilt ei teknisk plattform der det blir utvikla nye busettingstenester, og ein forbetra versjon for kompetansekartlegging er i produksjon. Ein betydeleg andel av midlane har også gått til å vidareutvikle dei digitale tenestene for tilskotsordningar. IMDis nettløysingar har også vore prioriterte, med større vektlegging av sluttbrukarane som målgruppe. Det blei lansert ein minimumsversjon av nettstaden Ny i Norge (nyinorge.no) 1. juni 2023 med samla informasjon til fordrivne frå Ukraina på fire språk. Nettstaden skal i løpet av 2024 utvidast til andre flyktningar. Den nye nettstaden for mangfald i arbeidslivet, mika.no, er også publisert og blei tilgjengeleg frå januar 2024.

Budsjettforslag 2025

For 2025 er det foreslått ei løyving på 51,1 mill. kroner.

Post 60 Integreringstilskot, kan overførast

Hovudtrekk ved regelverket

Kommunane får integreringstilskot når dei buset personar som får opphald som overføringsflyktningar eller på bakgrunn av søknad om asyl, og for familiesameining med desse. Tilskotsordninga skal også medverke til å busette eldre og personar med alvorlege, kjende funksjonsnedsettingar eller åtferdsvanskar.

Kommunane skal gjennomføre eit målretta busettings-, kvalifiserings- og integreringsarbeid, slik at flyktningane kan forsørge seg sjølve og delta i samfunnet.

Tilskotet skal gi ei rimeleg dekning av dei gjennomsnittlege meirutgiftene kommunane har til busettings- og kvalifiseringsarbeidet i busettingsåret og dei fire neste åra.

Rapport

Det høge talet på fordrivne frå Ukraina som har komme til Noreg, har ført til at busettingsbehovet og talet på busette i kommunane har auka atskilleg dei siste åra. I 2022 og 2023 blei til saman ca. 65 000 flyktningar busette i kommunane. Per 1. september 2024 er ytterlegare 17 000 busette, sjå tabellen nedanfor, som viser utviklinga i talet på busette og ventetida dei siste åra. Tala i tabellen inkluderer både fordrivne frå Ukraina og flyktningar frå andre land, irekna overføringsflyktningar.

Integreringstilskotet, saman med tilskot til opplæring i norsk og samfunnskunnskap, særskilt tilskot ved busetting av flyktningar med alvorleg nedsett funksjonsevne eller åtferdsvanskar og særskilt tilskot ved busetting av einslege mindreårige, utgjer den viktigaste finansieringa av busettings- og integreringsarbeidet til kommunane. Som følge av auken i talet på busette flyktningar i kommunane har løyvinga til integreringstilskotet auka betydeleg dei siste åra.

Eit berekningsutval kartlegg årleg dei gjennomsnittlege utgiftene kommunane har til busetting og integrering av flyktningar og personar med opphald på humanitært grunnlag. Rapporten frå berekningsutvalet for 2023 viser at dekningsgraden for integreringstilskotet var 91,8 pst. Dette er ein nedgang frå 2022, då dekningsgraden var på 97,3 pst. Årsaka til at dekningsgraden har blitt lågare, er bl.a. at dei gjennomsnittlege utgiftene kommunane har til sosialhjelp og ventestønad/etableringsstønad, har auka. I tillegg har det vore ein auke i utgiftene til sosial rådgiving, ekstratiltak i grunnskolen og integreringstiltak i kommunane.

Det er stor uvisse knytt til korleis utgiftene til kommunane og dekningsgrada for integreringstilskotet vil utvikle seg i 2024 og åra framover. Det er mange usikre komponentar som speler inn på kostnadsbildet, som bl.a. samansettinga av flyktningane, kva behov dei har, korleis dei fordeler seg på årskulla i integreringsløpet, når på året dei blir busette, utforminga og dimensjoneringa av tiltaka og tenestene til kommunane og også overgang til arbeid eller utdanning. Det er særskild stor uvisse knytt til bustadutgifter og kor mange som vil gå over til arbeid etter avslutta introduksjonsprogram. I tillegg er prognosane for kor mange fordrivne frå Ukraina som vil komme til Noreg, og kor mange det blir behov for å busette, svært usikre.

Nøkkeltal for busetting 2020–september 2024

År

2020

2021

2022

2023

Per 1. september 2024

Busette totalt1

2 819

4 489

31 258

33 701

17 032

Busette einslege, mindreårige

80

108

510

647

452

– av desse IMDI

56

89

423

560

382

– av desse Bufetat

24

19

87

87

70

Busette i barnefamiliar2

1 923

3 606

20 160

20 159

9 549

– av desse busette barn

1 097

2 110

10 328

4 439

Busette andre vaksne3

805

775

10 576

12 894

7 031

Gjennomsnittleg ventetid frå vedtak til busetting (månader)

– totalt1

6,8

6,3

2,3

2,5

3,1

– einslege, mindreårige

5,1

3,1

2,5

2,8

4,7

– barnefamiliar2

7,8

6,7

2,4

2,5

3,0

– andre vaksne3

4,6

4,3

2,0

2,4

3,2

1 Totalen inneheld busette personar med skjerma identitet.

2 Inkluderer vaksne i familiar med barn under 18 år og barn i familiar.

3 Inkluderer alle vaksne som ikkje er ein del av barnefamiliar.

Målet er at introduksjonsprogrammet skal bidra til stabil tilknyting til arbeid. Det er derfor særleg interessant å måle deltakinga i arbeid og utdanning eitt eller fleire år etter avslutta introduksjonsprogram. Tabellen nedanfor viser andelen deltakarar som var sysselsett eller under utdanning (vidaregåande nivå eller høgare) eitt og fem år etter avslutta program.

Nøkkeltal for resultat i kvalifiseringsarbeidet (introduksjonsprogram).

Totalt pst.

Kvinner pst.

Menn pst.

Andel av dei som avslutta program 2021, sysselsett eller under utdanning2022

65

58

75

Andel som avslutta program i 2017, sysselsett eller i utdanning i 2022

71

59

77

Andel av dei som avslutta program i 2023 som gjekk direkte over i arbeid eller utdanning.

49

44

60

Andel som hadde grunnskole/fag i grunnskole som del av sitt program 2023

6 pst.

Andel som hadde vidaregåande skole/fag i vidaregåande skole som del av sitt program 2023

3 pst.

Oppfølging og kontroll

Kommunane skal ikkje legge fram særskild rekneskap for integreringstilskotet. Eit berekningsutval kartlegg kvart år utgiftene kommunane har til busetting og integrering, sjå omtale ovanfor. Denne kartlegginga gir ei oversikt som viser om det er rimeleg samsvar mellom tilskotet og utgiftene til kommunane. Kartlegginga inkluderer bl.a. utgifter til integreringstiltak som introduksjonsprogram/introduksjonsstønad, barne- og ungdomsverntenester, sysselsettingstiltak, yrkeskvalifisering og arbeidstrening, kommunale helsetenester, sosialkontor/sosialtenester, barnehagar og integreringstiltak i grunnskolen.

Budsjettforslag 2025

Alle kommunar får tilskot etter den same satsstrukturen og nivået. Satsane er viste i tabellen.

Satsar for integreringstilskot, kroner.

Busettingsår

2021

2022

20231

2024

2025

År 1 (einslege, vaksne)

241 000

234 900

241 100

241 100

250 500

År 1 (andre vaksne)

194 300

189 400

194 400

194 400

202 000

År 1 (einslege, mindreårige)

187 000

182 300

187 000

187 000

194 300

År 1 (barn)

194 300

189 400

194 400

194 400

202 000

År 2

249 000

243 100

249 500

249 500

259 200

År 3

177 300

172 900

177 400

177 400

184 300

År 4

88 000

85 700

88 000

88 000

91 400

År 5

72 000

70 200

72 000

72 000

74 800

Sum (einslege, vaksne)

827 300

806 800

828 000

828 000

860 200

Sum (andre vaksne)

780 600

761 300

781 300

781 300

811 700

Sum (einslege, mindreårige)

773 300

754 200

773 900

773 900

804 000

Sum (barn)

780 600

761 300

781 300

781 300

811 700

1 I tillegg fekk kommunane eit tilskot på 50 000 kroner for kvar flyktning dei busette i 2023 utover det talet kommunen opphavleg blei oppmoda om for 2023.

Ved busetting av barn i barnehagealder (0–5 år) får kommunane eit eingongstilskot til særskild tilrettelegging for barn av nykomne innvandrarar, for eksempel til tospråklege assistentar. Satsen er foreslått til 28 900 kroner i 2025.

Ved busetting av personar som har fylt 60 år, får kommunen eit ekstra eingongstilskot. Satsen er foreslått til 187 600 kroner i 2025.

Ved busetting av personar med alvorleg nedsett funksjonsevne eller åtferdsvanskar kan kommunane få ekstra tilskot på grunnlag av dokumenterte behov. Ordninga har to delar. Personar kan utløyse enten tilskot 1 eller tilskot 2. Satsen for tilskot 1 er foreslått til 204 100 kroner og satsen for tilskot 2 til 1 692 000 kroner i 2025. For personar som blir busette frå to av UDIs særskilde buløysingar, særskild bu- og omsorgsløysing for valdelege og utagerande bebuarar (særbol) og særskild pleie- og omsorgsløysing for bebuarar med omfattande helse- og omsorgsbehov (særpleie), er satsen for tilskot 2 foreslått til 2 597 500 kroner. Tilskot 1 er eit eingongstilskot, mens tilskot 2 kan utbetalast i inntil fem år. Flyktningar som blir busette frå UDIs særskilde buløysingar – tilrettelagd avdeling, særbol eller særpleie – kan utløyse tilskot 2 i inntil ti år. Einslege mindreårige kan utløyse tilskotet til og med det året dei fyller 20 år, sjølv om perioden for integreringstilskot er ferdig.

Tilskot til ressurskrevjande tenester, jf. Prop. 1 S (2023–2024) for Kommunal- og distriktsdepartementet, omfattar også ressurskrevjande flyktningar. Innslagspunktet for 2025 ligg i flukt med innslagspunktet for tilskot 2 og er i 2025 på 1 692 000 kroner.

Det er svært usikkert korleis dei kommunale utgiftene til busetting og integrering, og dekningsgrada for integreringstilskotet, vil utvikle seg framover. Sjå omtale av faktorar som påverkar utgiftsnivået under rapportering på kap. 671, post 60. Departementet følger nøye med på utviklinga i dekningsgrada for tilskotet.

Regjeringa foreslår å redusere kvoten for talet på overføringsflyktningar frå 1 000 til 200 i 2025. Dette inneber isolert sett ein reduksjon i talet på personar i målgruppa for tilskot, og løyvinga under posten er redusert i tråd med dette.

Reduksjonen i løyvingsbehovet under posten samanlikna med saldert budsjett for 2024 kjem i hovudsak av ein reduksjon i prognosen for innreisetala for fordrivne frå Ukraina i 2024 og 2025. Situasjonen i Ukraina er uføreseieleg, og det er knytt svært stor uvisse til innreisetala i 2025.

For 2025 er det foreslått ei løyving på 22,9 mrd. kroner.

Post 61 Særskilt tilskot ved busetting av einslege mindreårige flyktningar, overslagsløyving

Hovudtrekk ved regelverket

Kommunane får eit særskilt tilskot når dei buset einslege mindreårige flyktningar. Einslege mindreårige skal busettast så raskt som mogleg i gode bu- og omsorgstilbod tilpassa den enkelte og lokale forhold.

Det blir utbetalt ein høg sats til og med det året barnet fyller 16 år, og ein lågare sats frå og med det året ungdommen fyller 17 år. Tilskotet blir utbetalt frå og med den månaden barnet blir busett, og det blir utbetalt til og med det året den einslege mindreårige fyller 20 år.

Rapport

I 2023 blei det busett 647 einslege mindreårige flyktningar. Ventetida for einslege mindreårige frå vedtak til busetting var på 2,8 månader i 2023. Meir informasjon finst i tabellen Nøkkeltal for busetting 2020–juni 2024.

Rapporten for 2023 frå berekningsutvalet som årleg kartlegg dei gjennomsnittlege utgiftene kommunane har til busetting og integrering av einslege mindreårige flyktningar, viser at dekningsgrada for integreringstilskotet og det særskilde tilskotet ved busetting av einslege mindreårige over dei fem første åra er på 113,8 pst. Årsaka til den høge dekninga er at fleire av dei einslege mindreårige flyktningane som kjem frå Ukraina, kjem med følgepersonar. I tillegg bidrar alderssamansetninga blant dei einslege mindreårige, med andelsvis færre under 15 år, også til lågare gjennomsnittsutgifter. Det er store variasjonar i utgiftene for enkeltpersonar og mellom kommunar. Dekningsgrada for 2023 viser ein nedgang frå 2022, da den samla dekningsgrada var på 117 pst. Årsaka til nedgangen er bl.a. at dei gjennomsnittlege utgiftene kommunane har til sosialhjelp og ventestønad/etableringsstønad i samanheng med einslege mindreårige har auka. Det er stor uvisse knytt til korleis utgiftene til kommunane og dekningsgrada for tilskota vil utvikle seg i 2024 og åra framover. Det er også usikkert kor mange fordrivne frå Ukraina, irekna einslege mindreårige, som vil komme til Noreg og kor mange det blir behov for å busette i åra som kjem.

I perioden frå 2022 og fram til august 2024 har det komme fleire einslege mindreårige enn åra før. Det har også komme fleire under 15 år. Spesielt har talet på einslege mindreårige utan følgeperson med behov for tilrettelagde omsorgstiltak, auka dei siste åra. Samtidig er kapasiteten i kommunane med vedtak om å busette einslege mindreårige under press.

Dette har gjort busettingsarbeidet ekstra krevjande, og ventetida frå vedtak til busetting for einslege mindreårige har auka frå 2,8 månader i 2023 til 4,7 månader i 2024 (per 1. september). I mai 2024 sende IMDi brev til 57 kommunar og oppfordra dei til å vurdere å auke talet på busettingsplassar som er haldne av til einslege mindreårige utan følgeperson. Dette resulterte i nokre fleire plassar, men per september venter IMDi framleis på tilbakemelding frå ein del kommunar.

Oppfølging og kontroll

Kommunane skal ikkje legge fram særskild rekneskap for særskilt tilskot ved busetting av einslege mindreårige flyktningar. Eit berekningsutval kartlegg utgiftene kommunane har til busetting og integrering. Denne kartlegginga gir ei oversikt som viser om det er rimeleg samsvar mellom tilskotet og utgiftene til kommunane.

Budsjettforslag 2025

Tilskota kommunane får ved busetting av einslege mindreårige flyktningar, har dei siste åra vore betydeleg høgare enn kommunane sine gjennomsnittlege utgifter. Regjeringa foreslår å redusere tilskotssatsane slik at det blir betre samsvar mellom tilskota og kommunane sine gjennomsnittlege utgifter til busetting og integrering av einslege mindreårige flyktningar i 2025. Dette inneber ein reduksjon i løyvinga under posten. Departementet følger nøye med på utviklinga i dekningsgrada for tilskotet.

Samtidig har det blitt fleire personar i målgruppa for tilskot som følge av auken i talet på fordrivne frå Ukraina dei siste åra. Det gir isolert sett ein auke i løyvingsbehovet under posten samanlikna med saldert budsjett for 2024. Situasjonen i Ukraina er uføreseieleg, og det er knytt svært stor uvisse til innreisetala i 2025.

Regjeringa foreslår å redusere kvoten for talet på overføringsflyktningar frå 1 000 til 200 i 2025. Dette inneber isolert sett ein reduksjon i talet på personar i målgruppa for tilskot, og løyvinga under posten er redusert i tråd med dette.

Satsane for særskilt tilskot ved busetting av einslege mindreårige flyktningar i 2025 er foreslått til 1 059 100 kroner til og med det året personen fyller 16 år, og 667 900 kroner frå og med det året personen fyller 17 år.

For 2025 er det foreslått ei løyving på 2,2 mrd. kroner.

Post 62 Kommunale integreringstiltak

Tilskotsposten består av seks tilskotsordningar i 2025: Jobbsjansen, tilskot til områdesatsingar, tilskot til utvikling av kvalifiserings- og integreringstiltak, tilskot til nasjonalt bu- og støttetilbod til personar over 18 år utsett for negativ sosial kontroll og æresrelatert vald, tilskot til kvalifiseringstiltak i integreringsmottak og tilskot til tilrettelagd fag- og yrkesopplæring for vaksne innvandrarar.

Rapport

Rekneskap 2023 (mill. kroner)

Jobbsjansen, kvalifiseringsprosjekt for heimeverande innvandrarkvinner

104,0

Områdesatsing

38,5

Utvikling av kommunale integreringstiltak

56,4

Nasjonale bu- og støttetilbod til personar over 18 år utsett for negativ sosial kontroll og æresrelatert vald

18,9

Kvalifiseringstiltak i integreringsmottak

6,3

Tilrettelagd fag- og yrkesopplæring for vaksne innvandrarar

16,2

Jobbsjansen

Formålet med Jobbsjansen er å auke sysselsettinga blant innvandrarkvinner som står langt frå arbeidsmarknaden og har behov for grunnleggande kvalifisering for å komme i jobb eller ordinær utdanning. Jobbsjansen skal, gjennom individuelt tilpassa program, gi styrkte kvalifikasjonar for stabil tilknyting til arbeidslivet og økonomisk sjølvstende.

I tidsperioden 2022–2025 blir det prøvd ut ein per capita-modell for finansieringa av Jobbsjansen. Forsøket skal gi kunnskap om ein slik finansieringsmodell er meir oversiktleg og gir mindre administrasjon for prosjektkommunane og deltakarane, slik at fleire deltakarar og kommunar kan innlemmast i ordninga. Målet er også å teste ut om ei per capita-finansiering av Jobbsjansen vil gi like høg kvalitet og like gode resultat som dagens finansiering gjer. IMDi forvaltar Jobbsjansen-ordninga.

I 2023 blei det løyvd 110,6 mill. kroner til Jobbsjansen. Av dette beløpet var 100 mill. kroner til den ordinære ordninga og 10,6 mill. kroner til forsøket med per capita-modell. IMD fekk 36 søknader om Jobbsjansen-prosjekt i 2023. 30 av søknadene fekk innvilga midlar, av desse var ni frå ulike bydelar i Oslo og 21 frå andre kommunar. Dei fleste av dei innvilga prosjekta dreidde seg om vidareføringar frå 2022.

Det var totalt 1 183 deltakarar i den ordinære ordninga i 2023. Av desse avslutta 489 deltakinga si i løpet av året. Av dei som avslutta Jobbsjansen i 2023, gjekk 76 pst. over til enten arbeid eller utdanning. Dette er ein framgang frå 74 pst. i 2022. Frå 2017 til 2023 har måloppnåinga vore mellom 70 og 79 pst.

I 2023 var det fem kommunar som deltok i forsøket med per capita-finansiering. Dei hadde til saman 100 deltakarar. Ideas2evidence følgeevaluerer forsøket.

Områdesatsing

Områdesatsingar er eit verkemiddel for å betre miljø, butilhøve og levekår i utsette byområde. Satsingane har særleg handla om å forbetre oppvekstvilkåra for barn og unge, men rettar seg også mot auka sysselsetting, betre folkehelse, auka deltaking, inkluderande bumiljø og førebygging av kriminalitet.

Løyvinga til områdesatsingane over kap. 671, post 62, var i 2023 på 37,7 mill. kroner. Tilskotet var fordelt med 18,4 mill. kroner til Oslo indre aust, 15,4 mill. kroner til Oslo sør, 2,9 mill. kroner til Groruddalen i Oslo og 1 mill. kroner til Strømsø i Drammen.

Utvikling av kommunale integreringstiltak

Kommunane har best kjennskap til lokale forhold, bedrifter og organisasjonar, og har gode føresetnader for å sjølve løfte fram gode prosjekt som kan forbetre kvalifiseringsarbeidet. Formålet med ordninga er å heve kvaliteten og forbetre resultata i kvalifiserings- og integreringsarbeidet til kommunane og fylkeskommunane med sikte på å få målgruppa ut i arbeid eller utdanning. Tilskotsordninga skal bidra til kunnskaps- og metodeutvikling av nasjonal interesse med overføringsverdi til andre kommunar og fylkeskommunar. Målgruppa er innvandrarar. Innanfor delområde tre til seks er nykomne innvandrarar som er omfatta av introduksjonslova (jf. §§ 2 og 17) og integreringslova (jf. §§ 9 og 28), prioriterte.

Ordninga bestod i 2023 av sju delområde. Forsøk med å utvikle ein nasjonal samarbeidsmodell for tilrettelagd fag- og yrkesopplæring var eit nytt delområde frå 2022. Det har blitt etablert modellar for samarbeid mellom kommunar, fylkeskommunar, NAV-kontor, andre arbeidsgivarar og opplæringskontor med mål om å lage yrkesfaglege opplæringstilbod til personar som har for svake norskferdigheiter til å følge ordinær opplæring utan tilrettelegging. Forsøket blir gjennomført i tre utvalde fylkeskommunar. I 2023 disponerte forsøket 5 mill. kroner. Dei tre fylkeskommunane som deltar i forsøket, søkte om, og fekk tildelt, 4,7 mill. kroner.

For delområde ein til seks var tilskotsramma på 56,9 mill. kroner i 2023. Etter to utlysingsrundar fekk IMDi totalt 91 søknader. 55 av søknadene blei innvilga, og 35 fekk avslag. Eitt prosjekt trakk søknaden etter tildeling.

I 2023 kunne kommunane søke om prosjektmidlar til sju delområde:

  1. Lengre kvalifiseringsløp (fire år) etter gjennomført 3-årig introduksjonsprogram

  2. Modellar for arbeidsretta kvalifisering i samarbeid med sosiale entreprenørar

  3. Arbeidsmåtar i norskopplæringa

  4. Kvalitet i innhaldet i introduksjonsprogrammet

  5. Tiltak som gir psykisk støtte

  6. Innovative løysingar i introduksjonsordninga

  7. Forsøk med å utvikle ein nasjonal samarbeidsmodell for fag- og yrkesopplæring

Det nasjonale bu- og støttetilbodet til personar over 18 år utsette for negativ sosial kontroll og æresrelatert vald

Formålet med bu- og støttetilbodet er å gi brukarane hjelp innanfor trygge rammer til reetablering og til å kunne leve eit så normalt liv som mogleg. Tilbodet skal vere eit tillegg til dei lovpålagde hjelpetilboda og tenestene kommunane yter. Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet har eit overordna ansvar for støttetilbodet. Kompetanseteamet mot negativ sosial kontroll og æresrelatert vald koordinerer og administrerer tilbodet. Kommunane har det operative ansvaret for innhaldet i og drifta av det enkelte tilbodet.

I 2023 budde til saman 48 personar i butilbod i fem ulike kommunar, av desse var det 23 personar som flytta inn i 2023. Dei fleste var kvinner. I snitt var belegget i butilbodet i 2023 på 91 pst. I butilbodet får bebuarane miljøterapeutisk oppfølging, etablert kontakt med aktuelle tenester i kommunen, kontakt med frivillige frå ulike aktuelle organisasjonar og dessutan tilbod om å delta i nettverk for bebuarar og tidlegare bebuarar. I 2024 blei bu- og støttetilbodet utvida med ei pilotordning for personar som har returnert frå ufrivillig utanlandsopphald og har store hjelpebehov, men som ikkje fyller kriteria for å få ein plass i det ordinære bu- og støttetilbodet. Piloten blir iverksett gjennom etablering av fire nye plassar til denne målgruppa i det eksisterande bu- og støttetilbodet.

Kvalifiseringstiltak i integreringsmottak

Integreringsmottak er eit tilbod for bebuarar som har fått eller med stort sannsyn vil få opphald. Integreringsmottaka skil seg frå andre mottak ved at alle bebuarane over 18 år får tilbod om, og forpliktar seg til, å delta i eit fulltidsprogram. Tilbodet skal omfatte opplæring i norsk, kultur- og samfunnskunnskap, utdannings- og arbeidsretta aktivitetar i tillegg til kompetansekartlegging og karriererettleiing.

Tilskotet skal bidra til at bebuarar i integreringsmottak får eit fulltidsprogram som er tilpassa føresetnadene til den enkelte og behovet vedkommande har for grunnleggande kvalifisering. Kommunar som har etablert integreringsmottak etter avtale med IMDi, kan søke om tilskotet. Tilskotet blir tildelt kommunane basert på kor mange plassar det er i integreringsmottaket.

I 2023 var det to integreringsmottak, eitt i Kristiansand og eit i Steinkjer. I 2023 deltok 350 personar i fulltidsprogram. 149 flyktningar blei busette frå integreringsmottak i 2023, mot 98 personar i 2022.

Tilrettelagd fag- og yrkesopplæring for vaksne innvandrarar

Tilskotet skal stimulere til å etablere og gjennomføre tilbod om tilrettelagd fag- og yrkesopplæring for vaksne innvandrarar som har rett til vidaregåande opplæring, men som har behov for tilrettelegging og oppfølging utover det fylkeskommunen er forplikta til å gi etter opplæringslova § 19-8 andre ledd. Deltakarar blir rekruttert frå introduksjonsprogrammet, blant brukarane av NAV-kontora og blant søkarane til fylkeskommunen. Tilskotsordninga skal bidra til å dekke meirutgifter ved tilrettelegging. Fylkeskommunar kan søke om tilskotet. IMDi forvaltar ordninga.

I 2023 var det totalt 914 vaksne innvandrarar som deltok i ordninga, noko som er ein oppgang frå 714 i 2022. Av det totale talet var 3 pst. deltakarar i introduksjonsprogrammet. Dette er ein liten nedgang frå 2022, da 6 pst. var deltakarar i introduksjonsprogrammet. I 2021 var andelen 20 pst. Det er uvisst kva nedgangen dei siste åra kjem av, og fleire fylkeskommunar melder at dei var usikre på om deltakarane var med i introduksjonsprogrammet eller nyleg hadde avslutta det, på inntakstidspunktet. I 2023 fekk ti fylkeskommunar tildelt midlar. Fylkeskommunane som har fått midlar, har etablert samarbeid med kommunar, Arbeids- og velferdsetaten og arbeidsgivarar.

Budsjettforslag 2025

For 2025 er det foreslått ei løyving på 337,6 mill. kroner. Tabellen nedanfor viser korleis midlane skal fordelast mellom dei ulike tilskotsordningane.

Fordeling av midlar til kommunale integreringstiltak.

Mill. kroner

Jobbsjansen, kvalifiseringsprosjekt for heimeverande innvandrarkvinner

169,8

Jobbsjansen, per capita-modell

10,8

Områdesatsing

50,7

Utvikling av kvalifiserings- og integreringstiltak

51,5

Nasjonale bu- og støttetilbod til personar over 18 år utsette for negativ sosial kontroll og æresrelatert vald

29,7

Kvalifiseringstiltak i integreringsmottak

8,4

Tilrettelagd fag- og yrkesopplæring for vaksne innvandrarar

16,7

Regjeringa foreslår å omprioritere 15 mill. kroner frå posten, mot ein tilsvarande auke under kap. 1520, post 01, jf. omtale i Prop. 1 S (2024–2025) for Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet. Midlane skal gå til å styrke statsforvaltarane sitt arbeid med rettleiing og tilsyn med integreringsarbeidet i kommunane etter integreringslova. Styrkinga skal bidra til høgare kvalitet og redusert ulikskap i kvalifiseringstilbodet til nytilkomne flyktningar og til at fleire flyktningar kjem i arbeid.

Regjeringa foreslår å auke tilskot til Jobbsjansen med 68 mill. kroner i 2025, for at fleire innvandrarkvinner som står langt frå arbeidsmarknaden skal få den oppfølginga og kvalifiseringa dei treng for å komme inn i arbeid eller utdanning. Dette inneber ei vidareføring av auka tilskotsramme frå revidert nasjonalbudsjett i 2024 som ga 240 nye deltakarplassar i ordninga, i tillegg til ein ytterlegare auke for nye 170 deltakarplassar i 2025.

Regjeringa foreslår å auke tilskotet til nasjonale bu- og støttetilbod til personar over 18 år utsette for negativ sosial kontroll og æresrelatert vald med 3,5 mill. kroner. Det er ein stor pågang av førespurnader, og styrking av butilbodet vil føre til oppretting av fleire plassar, styrking av nettverksarbeidet og auka oppfølging for bebuarar etter enda butid.

Regjeringa foreslår også å auke tilskotet til områdesatsingar med 10 mill. kroner over budsjettet til Arbeids- og inkluderingsdepartementet. Områdesatsingane skal bidra til betre oppvekstvilkår for barn og unge og er bl.a. retta inn mot førebygging av kriminalitet. 7 mill. kroner blir fordelte til Oslo sør, og 3 mill. kroner blir fordelte til Oslo indre aust. Tiltaket er ein del av ei felles satsing frå regjeringa for å førebygge utanforskap og kriminalitet blant barn og unge.

Midlane til områdesatsingar under denne posten blir dermed fordelte med 22,8 mill. kroner til Oslo indre aust, 23,6 mill. kroner til Oslo sør, 3,1 mill. kroner til Groruddalen i Oslo og 1,1 mill. kroner til Strømsø i Drammen.

Utvikling av kvalifiserings- og integreringstiltak

Regjeringa foreslår å løyve 51,5 mill. kroner til utvikling av kvalifiserings- og integreringstiltak.

Det blir foreslått at kommunane kan søke om prosjektmidlar til fem delområde i 2025. I tillegg kan fylkeskommunar søke om midlar til prosjekt innanfor delområde tre. Dei fem delområda er:

  1. Innovative løysningar i introduksjonsordninga og opplæring i norsk og samfunnskunnskap

  2. Utvikling av tiltak som gir psykisk støtte

  3. Forsøk med å utvikle ein nasjonal samarbeidsmodell for fag- og yrkesopplæring

  4. Etablering av kommunale, interkommunale eller regionale velkomsttilbod

  5. Arbeid for mangfald og mot rasisme og diskriminering

Delområda Modellar for arbeidsretta kvalifisering i samarbeid med sosiale entreprenørar, Arbeidsmåtar i norskopplæringa og Kvalitet i innhald i introduksjonsprogrammet blir innlemma i delområde 1.

Post 70 Busettingsordninga og integreringstilskot, oppfølging

Midlane på posten skal nyttast til det samla arbeidet KS (kommunesektorens organisasjon) gjer på flyktningfeltet. Formålet er å sikre kunnskapsgrunnlag og samarbeid mellom staten og KS om busetting og kvalifisering av flyktningar.

Midlane er brukte til KS si oppfølging av tilskotsordningar og deltaking i berekningsutvalet og i Nasjonalt utval for mottak og busetting av flyktningar. KS deltar også i fylkesvise møte for å vurdere oppmodingar om busetting i kvar av kommunane. I tillegg er midlane brukte til samarbeid med IMDi og UDI, jf. samarbeidsavtalen om mottak og busetting av flyktningar.

Budsjettforslag 2025

For 2025 er det foreslått ei løyving på 2,7 mill. kroner.

Post 71 Tilskot til integreringsarbeid i regi av sivilsamfunn og frivillige organisasjonar

Tilskotsposten består av tre tilskotsordningar i 2023: tilskot til integreringsarbeid i regi av frivillige organisasjonar, tilskot til nasjonale ressursmiljø på integreringsfeltet og tilskot til norskopplæringsordninga.

Rapport

Tilskot til integreringsarbeid i regi av frivillige organisasjonar

Formålet med tilskotsordninga er å auke arbeids- og samfunnsdeltakinga blant personar med innvandrarbakgrunn. Målgruppa for ordninga er personar med innvandrarbakgrunn, bebuarar i statlege mottak for asylsøkarar og befolkninga elles i lokalsamfunn. Tilskotsordninga skal bl.a. støtte tiltak som stimulerer til fellesskap, tillit, tilhøyrsel og frivillig norsktrening, og dessutan tiltak som motverkar negativ sosial kontroll, rasisme, diskriminering og utanforskap. Tilskotet skal også gå til å styrke små og nyetablerte organisasjonar på integreringsfeltet. Frivillige organisasjonar kan søke om tilskot.

IMDi forvaltar 30 pst. av løyvinga og gir i hovudsak støtte til tiltak og prosjekt av nasjonal karakter. 40 kommunar forvaltar dei resterande 70 prosenta, og dei gir støtte til prosjekt av lokal karakter og driftsstøtte til lokale innvandrarorganisasjonar.

Det blei løyvd 132,5 mill. kroner til tilskot til integreringsarbeid i regi av frivillige organisasjonar i 2023. IMDi har rettleidd kommunane og lagt til rette for erfaringsdeling knytt til forvaltninga av tilskotsordninga. IMDi tildelte midlar til 82 prosjekt av nasjonal karakter og driftstøtte til regionale innvandrarorganisasjonar. Kommunane tildelte til saman midlar til 987 lokale prosjekt og tiltak og driftsstøtte til lokale innvandrarorganisasjonar.

Tilskotsordninga har ulike delmål som støttar forskjellige aktivitetar for innvandrarar og barna deira. Det er bl.a. gitt støtte til informasjon om norsk samfunnsliv, til norsktrening og til førebyggande tiltak mot rasisme, diskriminering, negativ sosial kontroll, æresrelatert vald, tvangsekteskap og kjønnslemlesting. Det er i tillegg gitt støtte til tiltak og aktivitetar som bidrar til at innvandrarar og barna deira i større grad deltar på møteplassar og aktivitetar i regi av frivillige organisasjonar i lokalsamfunnet. I januar 2024 blei ordninga forskriftsfesta. Det skal sikre at ordninga er i tråd med krava i økonomiregelverket og forvaltningslova. Forskrifta gir eit meir presist og tilgjengeleg regelverk, med god samanheng mellom reglane.

Tilskotsordninga blei evaluert i 2024. Ifølge evalueringa rapporterer tilskotsmottakarane om høg måloppnåing. I evalueringsrapporten viser ein til at tilskotsordninga kan ha stor verdi som eit verktøy i lokalt integreringsarbeid og i samarbeidet mellom kommunar og frivillige organisasjonar, men at dette potensialet på langt nær blir utløyst i alle kommunane. Det kjem også fram at enkelte av behova som blei identifiserte i evalueringa, allereie var handterte gjennom forskrifta.

Tilskot til nasjonale ressursmiljø på integreringsfeltet

Tilskotet til nasjonale ressursmiljø på integreringsfeltet skal medverke til betre kunnskap om integrering i befolkninga, irekna kunnskap om moglegheiter og utfordringar i integreringsprosessen. Ordninga skal bidra til at vaksne, barn og unge med innvandrarbakgrunn får meir tillit og opplever å høyre til i det norske samfunnet. I tillegg skal ho bidra til at barn og unge med innvandrarbakgrunn både deltek meir og blir meir representerte på ulike samfunnsarenaer. Tilskotsmottakarane er organisasjonar som står oppført med namn i budsjettproposisjonen til Arbeids- og inkluderingsdepartementet. Tilskotet er innretta som eit driftstilskot. Organisasjonane er forskjellige og tilbyr ulike typar aktivitetar, bl.a. knytt til førebygging av rasisme og diskrimering, brubygging og dialogarbeid, norsktrening, rettshjelp og inkluderingsarbeid. IMDi forvaltar tilskotsordninga og skal føre kontroll med at midlane blir nytta etter føresetnadene for ordninga.

Det blei løyvd 37,5 mill. kroner til ordninga i 2023 fordelt på 14 nasjonale ressursmiljø. Dei nasjonale ressursmiljøa har bidratt med kunnskap og kompetanse i kontakt med offentlege instansar, næringsliv og internasjonale organisasjonar. Organisasjonane har i 2023 spelt ei viktig rolle i å handtere store flyktninginnkomstar og bidratt med bl.a. rettshjelp, språkkurs og arbeidskvalifiserande tiltak. Fleire nasjonale ressursmiljø driv også med rettleiing og rådgiving. Desse hjelper enkeltindivid og grupper som er utsette for marginalisering, negativ sosial kontroll, utanforskap og diskriminering. Dei er også aktive i samfunnsdebatten og driv med formidlings- og påverknadsarbeid overfor myndigheitene og andre aktørar.

Ei evaluering av ordninga viser at tilskotet bidrar til auka aktivitet blant organisasjonane, og at tildelingsforma gir tilskotsmottakarane ein stabilitet som er positiv for verksemda. Samtidig etterlyser fleire av organisasjonane ein tydelegare samanheng mellom måloppnåing og tildeling, og tydelegare signal om kva aktivitetar som bør prioriterast. Fleire av organisasjonane tar også til orde for ei søknadsbasert ordning, men med fleirårige tildelingar for å halde oppe stabiliteten.

Tilskot til norskopplæringsordninga

Formålet med tilskotet til norskopplæringsordninga er å gi eit målretta og fleksibelt tilbod til innvandrarar som har behov for å styrke norskferdigheitene sine uavhengig av innvandringsårsak og butid. Ordninga skal bidra til at deltakarane på sikt når norsknivå B1 eller høgare. Ordninga skal også bidra til innovasjon i metodar for norskopplæring der frivillige organisasjonar og offentlege og private aktørar samarbeider. Ordninga er eit supplement til tilbod om norskopplæring til personar som har rettar etter integreringslova eller introduksjonslova. Det er IMDi som forvaltar ordninga.

Det blei løyvd 52,8 mill. kroner til ordninga i 2023. Midlane gjekk til opplæringstilbod til om lag 5 280 deltakare frå 33 tilbydarar. Gjennom ordninga får kvar deltakar 80–100 timar lærarstyrt norskopplæring frå godkjende tilbydarar. Midlane blei fordelte på 33 godkjende tilbydarar av norskopplæring, både private tilbydarar, frivillige organisasjonar og kommunale vaksenopplæringssenter. Det har vore stor pågang av deltakarar. Ei følgeevaluering av ordninga viser at mange av deltakarane har stort fagleg utbytte av å delta på norskkurs, og at opplæringstilbodet er eit viktig steg på vegen mot kvalifisering og arbeid, i tillegg til at det bidrar til kvardagsintegrering. Sluttrapporten frå evalueringa blei publisert i januar 2024.

Budsjettforslag 2025

Regjeringa foreslår å omprioritere om lag 4 mill. kroner mot ein tilsvarande auke under kap. 1520, post 01, jf. omtale i Prop. 1 S (2024–2025) for Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet. Midlane skal gå til å styrke statsforvaltarane for gjennomføring av rettleiing og tilsyn med integreringsarbeidet i kommunane etter integreringslova, med mål om at fleire flyktningar kjem i arbeid.

Regjeringa foreslår å auke løyvinga med 9 mill. kroner, til tilskot til frivillige organisasjonar til tiltak retta mot å skape sosiale møteplassar for gutar og unge menn. Formålet med styrkinga er å førebygge kriminalitet og å hindre rekruttering til kriminelle miljø. Tiltaket er ein del av ei felles satsing frå regjeringa for å førebygge utanforskap og motverke kriminalitet blant barn og unge.

Regjeringa foreslår å endre ordninga for tilskot til nasjonale ressursmiljø på integreringsfeltet frå ei namngitt ordning til ei søkbar ordning frå 2026. Frå 2026 må organisasjonar søke IMDi om driftsstøtte gjennom tilskotsordninga. Omlegginga vil bidra til ei meir open fordeling av midlane. For å bidra til føreseielegheit blir det lagt opp til at organisasjonane kan få innvilga tilskot for ein periode på inntil fire år, så framt dei oppfyller krava i tilskotsordninga. Regelverket for tilskotsordninga vil fastsettast som forskrift. Fastsetting gjennom forskrift vil innebere at organisasjonane mfl. får moglegheit til å kome med innspel til innretninga i ein høringsrunde.

For 2025 er det foreslått ei løyving på 230,5 mill. kroner på posten med denne fordelinga:

  • 141,6 mill. kroner til tilskot til integreringsarbeid i regi av frivillige organisasjonar

  • 37,5 mill. kroner til tilskot til nasjonale ressursmiljø

  • 51,5 mill. kroner til tilskot til norskopplæringsordninga

Organisasjon

Tilskot 2023

Tilskot 2024

Forslag tilskot 2025

Antirasistisk Senter (ARS)

6 075 000

6 075 000

6 075 000

Kristent Interkulturelt Arbeid (KIA)

1 265 000

1 265 000

1 265 000

Minotenk – minoritetspolitisk tenketank

4 000 000

4 000 000

4 000 000

MiRA Ressurssenter for kvinner med minoritetsbakgrunn

4 150 000

4 150 000

4 150 000

Multikulturelt Initiativ og Ressursnettverk

500 000

500 000

500 000

Norsk organisasjon for asylsøkere (NOAS)

3 130 000

3 130 000

3 130 000

Organisasjon Mot Offentlig Diskriminering (OMOD)

2 040 000

2 040 000

2 040 000

Selvhjelp for innvandrere og flyktninger (SEIF)

5 350 000

5 350 000

5 350 000

LIM – Likestilling, integrering, mangfold

2 000 000

2 000 000

2 000 000

Utrop

1 500 000

1 500 000

1 500 000

Caritas Norge

3 000 000

3 000 000

3 000 000

Samora

1 500 000

1 500 000

1 500 000

Stiftelsen Fargespill

2 000 000

2 000 000

2 000 000

Bydelsmødre

1 000 000

1 000 000

1 000 000

Sum

37 510 000

37 510 000

37 510 000

Post 72 Kvalifiseringsordningar for tolkar

IMDi er nasjonal fagmyndigheit for tolking i offentleg sektor og arbeider med å auke kvaliteten og tilgangen på kvalifiserte tolkar over heile landet.

Løyvinga skal finansiere den faglege og administrative gjennomføringa av autorisasjonsprøven for tolkar og anna utdanning og kvalifisering av tolkar. Formålet med ordninga er å få fleire kvalifiserte tolkar i offentleg sektor. Høgskulen på Vestlandet, OsloMet og Samisk høgskole får tilskot gjennom ordninga.

Utdanningsinstitusjonane skal sørge for ei tenleg og fagleg forsvarleg drift av kvalifiseringstilboda og ei kunnskapsbasert utvikling av desse. Kvalifiseringstilboda skal planleggast på grunnlag av behovet offentlege organ har for tolking på ulike språk, sett opp mot dekningsgrada for tolkar oppførte i Nasjonalt tolkeregister på dei aktuelle språka. Nasjonalt tolkeregister er eit offentleg innsynsregister over tolkar i Noreg i ulike kvalifikasjonskategoriar. IMDi forvaltar registeret.

Rapport

I 2023 gjekk talet på tolkar i Nasjonalt tolkeregister opp frå 1 891 til 2 388. Same året var det 656 personar som tok Tospråktesten, fordelte på 27 ulike språk, og 185 kandidatar som gjennomførte kurs i tolkens ansvarsområde (TAO), fordelte på 29 ulike språk. 56 personar fullførte bachelor i tolking, og 66 fullførte grunnemne i tolking. 18 personar fekk løyve som statsautorisert tolk, i seks ulike språk. I løpet av 2023 auka talet på oppføringar i Nasjonalt tolkeregister med 24 pst., frå 2 245 oppføringar per 31. desember 2022 til 2 782 oppføringar per 31. desember 2023 (talet på oppføringar er høgare enn talet på tolkar fordi éin tolk kan ha kvalifikasjonar i fleire språk).

Per 31. desember 2023 var 618 av oppføringane i Nasjonalt tolkeregister registrert med statsautorisasjon og/eller bachelorgrad i tolking frå universitet eller høgskole (kategori A, B og C i registeret). 997 var registrert med grunnemne i tolking frå universitet eller høgskole (kategori D), og 1 167 var oppført i registeret utan tolkeutdanning (kategori E).

Budsjettforslag 2025

For 2025 er det foreslått ei løyving på 22,3 mill. kroner.

Post 73 Tilskot

Løyvinga blir brukt til ei tilskotsordning for tiltak som skal auke det etniske mangfaldet i arbeidslivet, til deltaking i nasjonale og internasjonale kunnskapsforum, til arbeid mot negativ sosial kontroll og til enkelte namngitte tilskot.

Rapport

Det blei utbetalt 10 mill. kroner over tilskotsordninga for tiltak for auka etnisk mangfald i arbeidslivet i 2023. Tilskotet skal stimulere private og offentlege arbeidsgivarar til å bli meir medvitne på etnisk mangfald som ressurs og fremme tiltak med formål om å auke rekrutteringa av innvandrarar og betre bruken av kompetansen deira. Midlane gjekk til 26 tiltak som fordelte seg på ulike bransjar og aktørar. Totalt fekk IMDi 72 søknader om tilskot i 2023. Dette var ein kraftig auke frå 31 søknader i 2021 og 28 i 2022.

I 2023 blei det løyvd 0,2 mill. kroner til kunnskapsforumet Konsortium for forsking på terrorisme og internasjonal kriminalitet. Det blei også løyvd 0,5 mill. kroner til Transatlantic Council on Migration. Deltaking i foruma har gitt tilgang til ny forsking, seminar og nettverk til nytte for politikkutviklinga på integreringsfeltet.

Det blei løyvd 2,5 mill. kroner til TV 2 Skole i 2023. TV 2 Skole har produsert sendingar og opplæringsopplegg for vaksne nykomne flyktningar sidan 2016. Formålet er å gjere norskopplæring meir tilgjengeleg for flyktningar i mottak. Midlane gjekk til å finansiere produksjon av månadlege aktualitetssendingar med læringsopplegg, oppdatering og vedlikehald av plattforma intronorsk.no og utvikling av A1-ressursen med oppdatering av eksisterande innhald. Noko av midlane gjekk dessutan til publisering av NRKs minoritetssendingar gjennom elevkanalen.no.

I 2023 blei det løyvd 3,5 mill. kroner til mentorordninga mot negativ sosial kontroll. Av desse midlane gjekk 2,325 mill. kroner til Mentorfamilie i regi av Oslo Røde Kors og 1,155 mill. kroner til brukarnettverket Sammen i regi av Oslo Krisesenter. Det blei vidare løyvd 2,3 mill. kroner til arbeid mot negativ sosial kontroll og æresrelatert vald. Midlane gjekk til regionale ressurssenter om vald, traumatisk stress og sjølvmordsførebygging (RVTS) og kompetansehevingsarbeidet dei gjer i regi av regionale nettverk, og til opplæringstilbodet Endringsagenter.

Budsjettforslag 2025

Regjeringa foreslår å omprioritere nokre midlar frå posten, til å styrke statsforvaltarane sitt arbeid på integreringsfeltet under kap. 1520, post 01, jf. omtale i Prop. 1 S (2024–2025) for Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet.

Dei fem regionale ressurssentra om vald, traumatisk stress og sjølvmordsførebygging (RVTS) driv undervisning, rettleiing og informasjons- og nettverksarbeid om bl.a. negativ sosial kontroll, vald og overgrep.

Regjeringa foreslår å auke tilskotet til det regionale arbeidet til RVTS-ane med 0,5 mill. kroner for at fleire i dei ordinære tenestene, som politi, helsevesen og barnevern, skal få kompetanse til å avdekke negativ sosial kontroll, vald og overgrep, til å følge opp personar som er utsette, og til å auke samarbeidet mellom tenestene.

For 2025 er det foreslått ei løyving på 20,7 mill. kroner. Midlane skal fordelast slik:

  • 11,2 mill. kroner til tilskotsordningar for tiltak som skal auke det etniske mangfaldet i arbeidslivet

  • 3,5 mill. kroner til mentorordninga for utsette for negativ sosial kontroll og æresrelatert vald, 2 325 000 kroner til Røde Kors for drift av ei mentorfamilieordning og 1 155 000 kroner til Oslo Krisesenter for drift av mentornettverket «Sammen»

  • 2,5 mill. kroner til TV 2 Skole

  • 0,55 mill. kroner til Transatlantic Council on Migration

  • 0,2 mill. kroner til Konsortium for forsking på terrorisme og internasjonal kriminalitet

  • 2,8 mill. kroner til arbeid mot negativ sosial kontroll og æresrelatert vald ved Dei regionale ressurssentra om vald, traumatisk stress og sjølvmordsforebygging (RVTS), 1 540 000 kroner til arbeid med kompetanseheving i regi av regionale nettverk og 1 220 000 kroner til opplæringstilbodet «Endringsagenter».

Kap. 3671 Busetting av flyktningar og tiltak for innvandrarar

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2023

Saldert budsjett 2024

Forslag 2025

04

Tilskot til integreringsprosjekt i asylmottak i regi av frivillige organisasjonar, ODA-godkjende utgifter

17 300

12 779

13 265

Sum kap. 3671

17 300

12 779

13 265

Post 04 Tilskot til integreringsprosjekt i asylmottak i regi av frivillige organisasjonar, ODA-godkjende utgifter

Nokre utgifter til flyktningar og asylsøkarar sine opphald det første året i Noreg kan etter OECD/DACs retningslinjer klassifiserast som offisiell utviklingsbistand (ODA). Det inkluderer nokre middel til integreringstiltak i asylmottak under kap. 671, post 71. For 2025 foreslår departementet at 13,3 mill. kroner av utgiftene knytte til integreringstiltak i asylmottak blir rapporterte inn som utviklingshjelp.

Kap. 672 Opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2023

Saldert budsjett 2024

Forslag 2025

21

Spesielle driftsutgifter, kan overførast

81 661

85 665

88 920

22

Prøvar i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar

38 377

34 225

55 105

45

Større utstyrskjøp og vedlikehald, kan overførast

12 000

16 165

60

Tilskot til opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar

2 172 808

2 262 211

2 023 430

61

Kompetansekartlegging i mottak før busetting

503

1 045

1 585

Sum kap. 672

2 293 349

2 395 146

2 185 205

  • Overført frå 2023 til 2024:

  • Post 21: 39 753 000 kroner

  • Post 22: 1 922 000 kroner

  • Post 45: 6 100 000 kroner

Allmenn omtale

Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) har vore, og er, ein sentral aktør i arbeidet med å implementere lov om integrering gjennom opplæring, utdanning og arbeid (integreringslova). Det gjeld særleg iverksettinga av revidert læreplan i norsk og samfunnskunnskap og iverksettinga og vidareutviklinga av standardiserte element i introduksjonsprogrammet og ein digital ressurs med lett tilgjengelege kvalitetsstandardar, faglege anbefalingar og verktøy til bruk for kommunane. Det gjeld også støtte og rettleiing til fylkeskommunane, som har ansvaret for å sørge for tilbod om karriererettleiing for personar i målgruppa for introduksjonsprogrammet. I situasjonen med høge innreisetal for fordrivne frå Ukraina har HK-dir samarbeidd med IMDi om å finne moglege løysingar på kapasitetsutfordringar kommunar opplever i kvalifiseringsarbeidet.

HK-dir speler ei sentral rolle når det gjeld å sørge for høg kvalitet i gjennomføringa av prøvar i norsk og samfunnskunnskap og statsborgarprøven. Dette er avgjerande både for at prøvane skal vere pålitelege og ha høg status, og for rettssikkerheita til kandidatane.

Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast

Løyvinga skal gå til å utvikle kompetanse, metodar og læringsressursar for den obligatoriske opplæringa i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar og utgiftene som HK-dir har i samanheng med dette. Vidare skal løyvinga bl.a. nyttast til etter- og vidareutdanning for lærarar i norsk og samfunnskunnskap, karriererettleiing i integreringsmottak og det nasjonale tilbodet om digital lærarstyrt norskopplæring for innvandrarar som blei lansert i 2024.

Rapport

Vidareutdanning av lærarar i norsk og samfunnskunnskap etter integreringslova

HK-dir gir tilskot til universitet og høgskolar for å sikre at lærarar som underviser i norsk etter integreringslova, kan tilfredsstille kompetansekravet på 30 studiepoeng i norsk som andrespråk. I 2023 blei det gitt tilskot til ni studietilbod, inkludert nettbaserte tilbod for å sikre deltaking av lærarar frå heile landet. Utlysing av midlar til ei stipend- og vikarordning for lærarar som treng vidareutdanninga for å oppnå kompetansekravet, famna 160 lærarar. Dette var ein tydeleg auke frå 2022, med 78 lærarar.

HK-dir undersøkte kor mange norsklærarar som oppfylte kompetansekravet, og kva leiarane meinte at vidareutdanninga bidrog med i undervisninga. Førebelse funn tyder på at fleire lærarar oppfyller kravet no enn ved den førre undersøkinga i 2018, og at leiarane er positive til utdanninga. Eit fleirtal meiner at vidareutdanninga har ført til at lærarane har fått auka fagleg og didaktisk kompetanse, og at kvaliteten på opplæringstilbodet har blitt betre. Halvparten av leiarane meiner at utdanninga har styrkt profesjonsfellesskapet og auka den kollektive læringa blant lærarane.

Karriererettleiing og støtte og rettleiing til fylkeskommunar som skal drive karriererettleiing for nykomne flyktningar

Integreringslova gir personar i målgruppa for introduksjonsprogrammet rett og plikt til å gjennomføre karriererettleiing. Fylkeskommunane skal sørge for tilbodet, og HK-dir støttar og rettleier dei i tenesteutviklinga, bl.a. gjennom kompetanseheving og utvikling av kunnskapsgrunnlag. Blant dei som hadde starta i introduksjonsprogrammet, og som ikkje hadde kollektivt vern, gjennomførte 75 pst. individuell karriererettleiing i 2023. Til samanlikning gjennomførte 74 pst. av dei som starta i introduksjonsprogrammet, individuell karriererettleiing i 2022. Berre ein liten andel av dei med kollektivt vern som starta i introduksjonsprogrammet i 2022, gjennomførte individuell karriererettleiing. Dette kjem av at personar med kollektivt vern ikkje har plikt til å gjennomføre karriererettleiing, og at denne gruppa primært får tilbod om grupperettleiing.

Karriererettleiing er også eit tilbod for bebuarar i integreringsmottak. I integreringsmottak i 2023 blei det registrert 425 individuelle rettleiingar og 72 grupperettleiingar i tillegg til aktivitetar som samarbeidsmøte med Arbeids- og velferdsetaten (NAV) og andre aktørar, skole- og bedriftsbesøk. Deltakarar i introduksjonsprogrammet får rettleiing i karrierekompetanse i det obligatoriske elementet Livsmeistring i eit nytt land. I 2023 har HK-dir, i samarbeid med Universitetet i Søraust-Noreg, tilbydd eit eittårig kompetansehevingsprogram for programrådgivarar, lærarar og andre personar i kommunane som underviser i karrierekompetanse.

Budsjettforslag 2025

For 2025 er det foreslått ei løyving på 88,9 mill. kroner.

Post 22 Prøvar i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar

Løyvinga skal gå til å dekke utgiftene som HK-dir har til å rettleie og informere om prøvar, til å utvikle og halde ved like prøvar i norsk og samfunnskunnskap, til å gjennomføre prøvane og til sensur og tilbakemelding til opplæringsstadene om resultata. Arbeidet inkluderer også statsborgarprøven. Formålet med prøvane er å gjere det mogleg for vaksne innvandrarar å vise og dokumentere ferdigheiter i norsk og samfunnskunnskap.

Rapport

I 2023 blei det avlagt om lag 74 500 norskprøvar, fordelte på 22 800 munnlege prøvar og 51 700 skriftlege prøvar. 55 pst. av dei som avla den munnlege norskprøven, oppnådde nivå B1 eller B2, ein framgang på åtte prosentpoeng frå 2022. Den skriftlege norskprøven er sett saman av tre delprøvar: lytte-, lese- og skriveprøven. Andelen med nivå B1 eller B2 var 45 pst. på lytteprøven, 47 pst. på leseprøven og 46 pst. på skriveprøven. Prosentandelane som oppnår nivå B1 og B2, var noko lågare i 2023 enn i 2022, då 54 pst. oppnådde B1 eller B2 på både lytte- og leseprøven, og 48 pst. oppnådde nivå B1 eller B2 på den skriftlege delprøven.

I 2023 blei det avlagt 12 000 prøvar i samfunnskunnskap. Totalt sett var 78 pst. av prøveresultata i samfunnskunnskap bestått (mot 76 pst. i 2022). Tilbodet skal givast på eit språk som deltakaren forstår. Over halvparten av prøvane blei avlagde på norsk i 2023.

I 2023 var det 5 300 kandidatar som gjennomførte 5 700 statsborgarprøvar. Dette er ein nedgang i talet på avlagde prøvar på 29 pst. samanlikna med 2022. Nedgangen blir forklart med at det både i 2020 og i 2021 var ein markant auke i talet på avlagde prøvar, på grunn av innføringa av dobbelt statsborgarskap i 2020. 91 pst. av kandidatane bestod prøven i 2023. Dermed er andelen som bestod prøven, uendra frå 2022.

For å bidra til god innføring av læreplanane i norsk og samfunnskunnskap etter integreringslova utviklar og driftar HK-dir kompetansepakkar for opplæringsstadene. Aktuelle kompetansepakkar hadde nær 42 500 sidevisningar i 2023. Podkastserien Læreplanpodden, med seks episodar om læreplanane, har høge lyttartal. Kompetansepakkane bidrar til fagleg påfyll for leiarar og lærarar, og til høgare kvalitet i opplæringa. I 2023 utvikla HK-dir nye kompetansepakkar i samarbeid med IMDi om fleksibel og arbeidsretta norskopplæring. HK-dir har vidare oppdatert faglege anbefalingar på nettsidene sine.

Innføringa av reviderte læreplanar i norsk og samfunnskunnskap har blitt følgeevaluert av Oxford Research og NTNU Samfunnsforskning. Evalueringa er gjennomført i perioden 2022–2024 og gir kunnskap om kva for tiltak som kan støtte kommunane i utviklingsarbeidet, og behov for eventuelle justeringar i læreplanar og støtteressursar. Funna tyder på at skoleleiarane og lærarane generelt er fornøgde med læreplanane, men at det er utfordrande å skilje mellom endringar som kjem av dei nye læreplanane, og endringar som kjem av den nye integreringslova.

Budsjettforslag 2025

I 2025 er det venta at det blir avlagt betydeleg fleire skriftlege prøvar enn i åra før, som følge av dei mange fordrivne frå Ukraina. For 2025 er det foreslått ei løyving på 55,1 mill. kroner.

Post 45 Større utstyrsanskaffingar og vedlikehald, kan overførast

Løyvinga på posten skal nyttast til å utvikle gode digitale verktøy som skal forenkle og forbetre HK-dir sitt arbeid for kvalifisering av nykomne flyktningar og innvandrarar og for nyttiggjering av kompetansen deira.

Løyvinga skal også gå til å anskaffe og etablere eit nytt prøvesystem i norsk og samfunnskunnskap, irekna statsborgarprøven. Etter ein innkjøpsprosess inngjekk HK-dir i 2023 avtale med Open Assessment Technologies (OAT) om kjøp av eit nytt system for utvikling og gjennomføring av prøvane.

Budsjettforslag 2025

Regjeringa foreslår å auke løyvinga med 10 mill. kroner, til utvikling av samanhengande digitale tenester frå HK-dir for betre bruk av kompetansen til ukrainarar i det norske arbeidslivet. Midlane skal gå til tiltak som skal bidra til enklare og raskare saksbehandling og raskare tilgang på vedtak om godkjent utdanning. Dei skal også gå til tiltak for betre og meir målretta rettleiing til brukarar og arbeidsgivarar.

Departementet foreslår også å redusere løyvinga med 6,1 mill. kroner. Forslaget heng saman med at anskaffinga og etableringa av det nye prøvesystemet for prøvar i norsk og samfunnskunnskap etter planen skal vere ferdigstilt halvvegs i 2025. Midler til drift og vedlikehald av det nye prøvesystemet finansieres over kap. 672, post 22.

For 2025 er det foreslått ei løyving på 16,2 mill. kroner.

Post 60 Tilskot til opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar

Hovudtrekk ved regelverket

Løyvinga skal dekke tilskot til opplæring i norsk og samfunnskunnskap for asylsøkarar i mottak. Formålet med tilskotet er å gi asylsøkarar tidleg kjennskap til det norske språket og samfunnslivet. Asylsøkarar som bur i mottak og er over 18 år, har plikt til å delta i opplæring i norsk og samfunnskunnskap. Vertskommunar for mottak er ansvarlege for tidleg kvalifisering etter integreringslova og skal tilby asylsøkarar 175 timar opplæring i norsk og 25 timar opplæring i samfunnskunnskap. Opplæringa i samfunnskunnskap skal vere tilpassa deltakargruppa og tilbydast på eit språk som deltakarane forstår. Vertskommunen skal sørge for at opplæringa blir gitt så snart som mogleg etter at asylsøkarar i målgruppa er registrerte i eit mottak i kommunen. Vertskommunar for asylmottak får tilskot etter kor mange personar det er i målgruppa for opplæring.

Løyvinga dekker også tilskot til opplæring i norsk og samfunnskunnskap for personar som har fått eit opphaldsløyve som nemnt i integreringslova § 27, og for personar som har fått innvilga opphaldsløyve som nemnt i introduksjonslova § 17 første ledd før 1. januar 2021. Formålet med tilskotet er at kommunar og/eller fylkeskommunar gir opplæring til vaksne innvandrarar med rett og/eller plikt til opplæring i norsk og samfunnskunnskap, slik at dei lærer tilstrekkeleg norsk og får nødvendig kunnskap om samfunnet til å kunne fungere i arbeids- og samfunnslivet. Tilskotet skal også gå til å gjennomføre prøvar i norsk og samfunnskunnskap. Innvandrarar mellom 18 og 67 år som har fått innvilga opphaldsløyve som nemnt i integreringslova § 27, har rett og plikt til å delta i opplæring i norsk og samfunnskunnskap. Kravet i integreringslova er at den enkelte skal nå eit individuelt bestemt nivå i norsk. Varigheita på opplæringa i norsk blir differensiert avhengig av utdanningsbakgrunnen til den enkelte. Kommunen og/eller fylkeskommunen som gjennomfører opplæringa, får tilskot per person som er registrert som deltakar. Tilskotet blir utbetalt i inntil tre år.

Flyktningar frå Ukraina med midlertidig kollektivt vern har rett, men ikkje plikt, til opplæring i norsk i inntil eitt år. Personar med dette løyvet har ikkje rett eller plikt til opplæring i samfunnskunnskap. Kommunane får tilskot i eitt år for opplæringa. I samanheng med revidert nasjonalbudsjett for 2023 blei tilskot til opplæring i norsk for personar med midlertidig kollektivt vern auka for å legge til rette for at kommunar som har kapasitet, kan gi opplæring i norsk utover eitt år til personar i målgruppa som treng det for å nå eit minimumsnivå i norsk, jf. integreringsforskrifta §§ 27 og 28. Utvida opplæring i norsk skal givast i tilknyting til opplæring gitt med heimel i integreringslova § 37 d.

Det kan gjerast vedtak om utvida opplæring i inntil seks månader om gongen. Kommunen får tilskot per vedtak om utvida norskopplæring. For personar som har vidaregåande nivå eller høgare frå før, kan kommunen innvilge inntil seks månaders utvida norskopplæring, slik at den samla opplæringa blir 18 månader, med tillegg av godkjend permisjon. For personar som ikkje har utdanning på vidaregåande nivå frå før, kan kommunen innvilge utvida norskopplæring med seks månader om gongen i inntil to år, slik at dei til saman kan få inntil tre år norskopplæring med tillegg av godkjend permisjon. Formålet med utvidinga er å legge til rette for at deltakarane får eit godt nok norsknivå til å delta i arbeidslivet eller bli fasa inn i arbeidslivet ved å lære norsk og jobbe samtidig, eller til å gå over til vidare utdanning.

Tilskota skal stimulere til effektivitet, gjennomstrøyming og resultat i opplæringa.

Rapport

Norskopplæring for asylsøkarar i mottak

I 2023 deltok 3 966 asylsøkarar i norskopplæring for asylsøkarar. Dette var nesten 3 000 fleire enn i 2022, då 1 096 deltok i norskopplæring for asylsøkarar. 819 asylsøkarar deltok i opplæring i samfunnskunnskap i 2023. Dette svarer til ein deltakingsandel på 23 pst., ein framgang på to prosentpoeng frå 2022. Samstundes er dette mykje lågare enn nivået dei føregåande åra. I 2021 deltok 44 pst. i opplæringa.

Opplæring i norsk og samfunnskunnskap

Tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB) viser at det i løpet av 2023 var 47 049 personar som deltok i opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar. Dette er det høgste talet deltakarar nokosinne. I 2022 deltok 28 400 personar i opplæringa. Meir enn halvparten av deltakarane var frå Ukraina. Samla sett kjem deltakarane frå 160 ulike land. Av dei nær 24 500 ukrainarane som deltok i opplæringa i norsk i 2023, var 65 pst. kvinner. Året før var kvinneandelen blant deltakarane frå Ukraina 76 pst. Det er framleis mange deltakarar frå Syria, og talet på syriske deltakarar har gått opp frå 4 000 i 2022 til vel 4 400 i 2023. Dette er samtidig ein reduksjon frå 2017, då det var 9 500 personar frå Syria som deltok i opplæringa.

Opplæringa i norsk og samfunnskunnskap skal givast så snart som mogleg og seinast innan tre månader etter at personen blir folkeregistrert i kommunen, eller at krav om deltaking blir sett fram. Førebelse tal frå IMDi viser at av dei 5 101 personane som fekk rett og plikt til opplæring i 2023, starta 52 pst. i norskopplæringa innan tre månader, mot 50 pst. året før. Det var 12 923 personar som hadde rett til norskopplæring i 2023, og 64 pst. starta opplæringa etter tre månader. Forskjellen mellom deltakarar med rett og plikt og deltakarar med rett kjem av ulik målemetode og ikkje faktiske forskjellar.

Oppfølging og kontroll

Kommunane skal ikkje legge fram særskild rekneskap for tilskot til opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar. Eit berekningsutval kartlegg utgiftene kommunane har til busetting og integrering. Gjennom denne kartlegginga blir det gitt ei oversikt som viser om det er rimeleg samsvar mellom tilskotet og utgiftene til kommunane. For meir informasjon om kva utgifter som inngår i kartlegginga, sjå rapporten frå Berekningsutvalet for 2023.

Budsjettforslag 2025

Tilskot til opplæring i norsk og samfunnskunnskap for asylsøkarar i mottak

Vertskommunen får tilskot for kvar person i målgruppa. Satsen for tilskot til opplæring i norsk for asylsøkarar i mottak er i 2025 foreslått til 17 400 kroner. Satsen for tilskot til opplæring i samfunnskunnskap for asylsøkarar i mottak i 2025 er foreslått til 2 500 kroner.

Tilskot til opplæring i norsk og samfunnskunnskap

Kommunane får tilskot for kvar person i målgruppa som har rett og plikt eller rett til opplæring. Tilskotet har to satsar. Personar frå Afrika, Oseania (utanom Australia og New Zealand), Aust-Europa, Sør- og Mellom-Amerika utløyser høg sats. Personar frå Vest-Europa, Nord-Amerika, Australia og New Zealand utløyser låg sats.

For å betre dei økonomiske rammevilkåra for små og mellomstore kommunar får kommunar med mellom 1–3 personar og 4–150 personar i målgruppa også eit grunntilskot. Satsen for grunntilskot for kommunar med 1–3 personar i målgruppa er foreslått til 242 100 kroner, og satsen for kommunar med 4–150 personar i målgruppa er foreslått til 721 700 kroner i 2025. Kommunar med 1–150 personar i målgruppa per 15. januar 2024 vil få utbetalt grunntilskot.

Satsar for persontilskot, kroner

Tilskotsår

2023

2024

2025

Låg sats

Høg sats

Låg sats

Høg sats

Låg sats

Høg sats

År 1

16 100

38 100

16 800

39 700

17 500

41 200

År 2

29 300

75 600

30 600

78 900

31 800

82 000

År 3

18 400

52 100

19 100

54 400

19 800

56 500

Sum

63 800

165 800

66 500

173 000

69 100

179 700

Personar med midlertidig kollektivt vern har rett til opplæring i norsk i inntil eitt år. Satsen for tilskot for eittårig norskopplæring er 50 300 kroner. Kommunar som har kapasitet, kan gi opplæring i norsk utover eitt år for personar med midlertidig kollektivt vern som har behov for det, jf. Prop. 118 S (2022–2023). Dersom kommunen gjer vedtak om utvida norskopplæring, vil kommunen få eit tilskot på 29 700 kroner per vedtak. Løyvinga inkluderer midlar til dette.

Regjeringa foreslår å redusere kvoten for talet på overføringsflyktningar frå 1 000 til 200 i 2025. Dette inneber isolert sett ein reduksjon i talet på personar i målgruppa for tilskot, og løyvinga under posten er redusert i tråd med dette.

Reduksjonen i det totale løyvingsbehovet under posten samanlikna med saldert budsjett for 2024, kjem i hovudsak av ein reduksjon i talet på personar i målgruppa for tilskotet som følge av ein reduksjon i prognosen for innreisetala av fordrivne frå Ukraina i 2024 og 2025. Situasjonen i Ukraina er uføreseieleg, og det er knytt svært stor uvisse til innreisetala i 2025.

For 2025 er det foreslått ei løyving på 2,0 mrd. kroner.

Post 61 Kompetansekartlegging i mottak før busetting

Tilskotsordninga blei etablert i 2021. Løyvinga dekker tilskot til kompetansekartlegginga vertskommunane gjennomfører av personar med opphaldsløyve i mottak før busetting. Formålet med kompetansekartlegging før busetting er at fleire skal bli busette i ein kommune med relevant tilbod om utdanning eller arbeid, og at introduksjonsprogrammet blir betre tilpassa behova til den enkelte.

Kartlegging av kompetanse for mottaksbebuarar var ei ny oppgåve for vertskommunar for asylmottak frå 2021. Blant mottaksbebuarar i målgruppa for kompetansekartlegging blei 69 pst. kartlagd før busetting i 2023. Dette er ein nedgang på 14 prosentpoeng frå 2022.

Budsjettforslag 2025

Satsen for tilskot til kompetansekartlegging er foreslått til 796 kroner i 2025.

For 2025 er det foreslått ei løyving på 1,6 mill. kroner.

Kap. 3672 Opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2023

Saldert budsjett 2024

Forslag 2025

01

Norskopplæring i mottak, ODA-godkjende utgifter

52 233

40 261

68 726

Sum kap. 3672

52 233

40 261

68 726

Post 01 Norskopplæring i mottak, ODA-godkjende utgifter

Nokre utgifter til flyktningar og asylsøkarar sine opphald det første året i Noreg kan etter OECD/DACs retningslinjer klassifiserast som offisiell utviklingsbistand (ODA). Det inkluderer nokre middel til integreringstiltak i asylmottak under kap. 672, post 60. For 2025 foreslår departementet at 68,7 mill. kroner av utgiftene knytte til opplæring i norsk og samfunnskunnskap for asylsøkarar i mottak blir rapporterte inn som utviklingshjelp.

Programkategori 29.20 Einslege forsørgarar

Utgifter under programkategori 29.20 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2023

Saldert budsjett 2024

Forslag 2025

Endring i pst.

2620

Stønad til einsleg mor eller far

1 688 193

1 685 000

1 750 000

3,9

Sum kategori 29.20

1 688 193

1 685 000

1 750 000

3,9

Utgifter under programkategori 29.20 fordelte på postgrupper

(i 1 000 kr)

Post-gr.

Nemning

Rekneskap 2023

Saldert budsjett 2024

Forslag 2025

Endring i pst.

50–89

Overføringar til andre

1 688 193

1 685 000

1 750 000

3,9

Sum kategori 29.20

1 688 193

1 685 000

1 750 000

3,9

Kap. 2620 Stønad til einsleg mor eller far

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2023

Saldert budsjett 2024

Forslag 2025

70

Overgangsstønad, overslagsløyving

1 581 617

1 570 000

1 660 000

72

Stønad til barnetilsyn til einsleg mor eller far i arbeid, overslagsløyving

90 303

97 000

77 000

73

Tilleggsstønader og stønad til skolepengar, overslagsløyving

16 273

18 000

13 000

Sum kap. 2620

1 688 193

1 685 000

1 750 000

Hovudtrekk ved regelverket

Formålet med stønadene løyvde under postane 70–73 er å sikre inntekt for foreldre som er aleine om omsorga for barn, og å gi dei midlertidig hjelp til å bli i stand til å forsørge seg sjølve gjennom arbeid. Ei mor eller ein far er definert som å ha aleineomsorg for eit barn når hen varig har klart meir av den daglege omsorga enn den andre forelderen. Full overgangsstønad utgjer 2,25 G (grunnbeløpet i folketrygda). Stønaden er inntektsprøvd og blir redusert med 45 pst. for inntekt som overstig halvparten av grunnbeløpet i folketrygda.

Overgangsstønad kan som hovudregel bli gitt i inntil tre år, fram til barnet fyller åtte år. Stønadsperioden kan utvidast, for eksempel dersom den einslege mora eller faren er under nødvendig utdanning eller har særleg tilsynskrevjande barn.

Den einslege mora eller faren må vere i yrkesretta aktivitet for å kunne få overgangsstønad frå det yngste barnet fyller eitt år. Hen kan oppfylle aktivitetskravet ved å vere i arbeid som utgjer minst 50 pst. av full tid, ved å vere under nødvendig og tenleg utdanning som utgjer minst 50 pst. av utdanning på full tid, ved å vere meldt til Arbeids- og velferdsetaten som reell arbeidssøkar til minst 50 pst. arbeid eller ved etablering av eiga verksemd.

Tilleggsstønader (i samanheng med utdanning og arbeidssøking) og stønad til skolepengar, og stønad til barnetilsyn for einsleg mor eller far som er i arbeid, kan også bli gitt på bestemte vilkår.

Rapport

Utgiftsutviklinga

Stønadsutgifter til einsleg mor eller far, løpande kroner (i 1 000 kroner) ved utgangen av 2021–2023

År

2021

2022

2023

Endring 2022–2023 pst.

Post 70 Overgangsstønad

1 632 383

1 587 720

1 581 617

0,4

Frå 2022 til 2023 fall utbetalingane av overgangsstønad med 0,4 pst. Målt i fast G gjekk utgiftene til overgangsstønad ned med 6 pst.

Fast G inneber at rekneskapstala er justerte for utviklinga i grunnbeløpet i folketrygda, slik at dei årlege utgiftene i større grad blir samanliknbare. Nedgangen i utgifter målt i fast G kjem i hovudsak av ein nedgang i gjennomsnittleg tal på mottakarar av overgangsstønad over åra.

I første halvåret 2024 blei det rekneskapsført 803,7 mill. kroner i overgangsstønad til einsleg mor eller far under kap. 2620, post 70. Dette inneber ein auke i utgiftene til overgangsstønad på om lag 1,7 pst. samanlikna med første halvåret 2023.

Mottakarar av overgangsstønad

Ved utgangen av 2023 fekk om lag 9 490 personar overgangsstønad. Dette er ein nedgang på om lag 160 personar, eller om lag 1,7 pst., frå året før. Ved utgangen av første halvåret 2024 fekk om lag 9 490 personar overgangsstønad. Dette er ein reduksjon på 3,6 pst. frå same perioden året før.

Ved utgangen av 2023 fekk om lag 4 420 personar stønad til barnetilsyn. Av desse fekk om lag 2 370 personar stønad til barnetilsyn utan å samtidig få overgangsstønad. Dette er ein nedgang på om lag 10,7 pst. frå utgangen av 2022.

Budsjettforslag 2025

Regulering av grunnbeløpet i folketrygda

Utgiftsanslaget for 2025 inkluderer anslått effekt av trygdeoppgjeret i 2025. Som følge av dette aukar utgiftsanslaget for 2025 med til saman 71 mill. kroner under kap. 2620, post 70 Overgangsstønad.

Post 70 Overgangsstønad, overslagsløyving

Det er anslått at det i gjennomsnitt vil vere om lag 9 200 mottakarar av overgangsstønad i 2025. Den gjennomsnittlege ytinga er anslått til om lag 180 100 kroner i 2025.

For 2025 er det foreslått ei løyving på 1 660 mill. kroner.

Post 72 Stønad til barnetilsyn til einsleg mor eller far i arbeid, overslagsløyving

Stønad til barnetilsyn dekker 64 pst. av dei dokumenterte utgiftene til barnetilsyn opp til ein maksimumssats. Det blir anslått at om lag 3 430 personar vil få stønad til barnetilsyn til einsleg mor eller far i arbeid i 2025. Gjennomsnittleg yting blir anslått til om lag 22 380 kroner.

For 2025 er det foreslått ei løyving på 77 mill. kroner.

Post 73 Tilleggsstønader og stønad til skolepengar, overslagsløyving

Post 73 omfattar stønad til skolepengar og alle tilleggsstønadene, medrekna stønad til barnetilsyn til einsleg mor eller far i utdanning og arbeidssøking. Nokre av tilleggsstønadene blir gitt etter faste satsar.

For 2025 er det foreslått ei løyving på 13 mill. kroner.

Programkategori 29.50 Inntektssikring ved sjukdom, arbeidsavklaring og uførleik

Utgifter under programkategori 29.50 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2023

Saldert budsjett 2024

Forslag 2025

Endring i pst.

2650

Sjukepengar

62 062 231

62 237 500

71 297 500

14,6

2651

Arbeidsavklaringspengar

41 102 463

44 843 200

50 789 000

13,3

2655

Uførleik

117 840 316

126 105 000

132 715 500

5,2

Sum kategori 29.50

221 005 010

233 185 700

254 802 000

9,3

Utgifter under programkategori 29.50 fordelte på postgrupper

(i 1 000 kr)

Post-gr.

Nemning

Rekneskap 2023

Saldert budsjett 2024

Forslag 2025

Endring i pst.

50–89

Overføringar til andre

221 005 010

233 185 700

254 802 000

9,3

Sum kategori 29.50

221 005 010

233 185 700

254 802 000

9,3

Programkategorien omfattar utgifter under kapitla Sjukepengar, Arbeidsavklaringspengar og Uførleik. Under kapittelet Sjukepengar inngår sjukepengar, pleie-, opplærings- og omsorgspengar og i tillegg utgifter til feriepengar av sjukepengar etter reglane i folketrygdlova kapittel 8 og 9. Under kapittelet Sjukepengar inngår også midlar til tilskot til ekspertbistand og forsøk med kompetansetiltak for sjukmelde. Under kapittelet Arbeidsavklaringspengar inngår arbeidsavklaringspengar og tilleggsstønader etter folketrygdlova kapittel 11 og 11 A og legeerklæringar. Under kapittelet Uførleik inngår uføretrygd og meinerstatning ved yrkesskade etter folketrygdlova kapittel 12 og 13.

Dei ulike helserelaterte ytingane har ulike formål, og bl.a. inngangsvilkår, varigheit og kompensasjonsgrad varierer mellom ordningane. Det er likevel ein nær samanheng mellom dei helserelaterte ytingane, jf. omtale i del I, punkt 3.6 Utviklinga i helserelaterte ytingar. Både sjukepengar, arbeidsavklaringspengar og uføretrygd inngår som ulike delar av eitt og same stønadsforløp for mange mottakarar, og utvikling i mottaket av éi yting vil dermed kunne påverke dei andre. Utgiftsutviklinga for dei ulike ytingane bør derfor sjåast i samanheng over tid.

Kap. 2650 Sjukepengar

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2023

Saldert budsjett 2024

Forslag 2025

70

Sjukepengar for arbeidstakarar m.m., overslagsløyving

54 826 952

54 350 000

62 220 000

71

Sjukepengar for sjølvstendige, overslagsløyving

1 716 401

1 660 000

1 940 000

72

Pleie-, opplærings- og omsorgspengar m.m., overslagsløyving

2 563 125

2 890 000

3 520 000

75

Feriepengar av sjukepengar, overslagsløyving

2 917 434

3 240 000

3 520 000

76

Tilskot til ekspertbistand og kompetansetiltak for sjukmelde, kan overførast

38 319

97 500

97 500

Sum kap. 2650

62 062 231

62 237 500

71 297 500

Hovudtrekk ved regelverket

Sjukepengar skal gi kompensasjon for bortfall av arbeidsinntekt for yrkesaktive som er arbeidsuføre på grunn av sjukdom eller skade. Sjukepengeperioden er inntil eitt år. Arbeidsgivaren skal betale sjukepengar i inntil 16 kalenderdagar (arbeidsgivarperioden). Sjølvstendig næringsdrivande og frilansarar må sjølve dekke tapt arbeidsinntekt i dei første 16 kalenderdagane av ein sjukepengeperiode. Sjukepengar blir berekna på grunnlag av tidlegare inntekt opp til seks gonger grunnbeløpet i folketrygda (G). Sjukepengar til arbeidstakarar og frilansarar blir gitt med 100 pst. av grunnlaget, mens sjølvstendig næringsdrivande får sjukepengar med 80 pst. av grunnlaget. Sjukepengar kan graderast ned til 20 pst. dersom ein er delvis arbeidsufør. Sjølvstendig næringsdrivande og frilansarar kan mot ein særskild premie teikne forsikring som omfattar sjukepengar for dei første 16 sjukedagane og/eller sjukepengar med 100 pst. av grunnlaget. Folketrygdlova og arbeidsmiljølova pålegg arbeidsgivaren, Arbeids- og velferdsetaten og den sjukmelde ei rekke oppfølgings- og aktivitetskrav. Hensikta med desse krava er å stimulere og hjelpe den sjukmelde heilt eller delvis tilbake i arbeidslivet så raskt som mogleg.

Pleiepengar og omsorgspengar skal kompensere for bortfall av arbeidsinntekt for yrkesaktive i samanheng med sjukdom hos barn. Pleiepengar kompenserer også for bortfall av arbeidsinntekt ved pleie av nærståande i sluttfasen av livet. Opplæringspengar skal kompensere for bortfall av arbeidsinntekt for yrkesaktive i samanheng med opplæring som er nødvendig for å kunne ta seg av og behandle eit barn med langvarig sjukdom eller nedsett funksjonsevne.

Pleiepengar kan givast dersom ein har omsorg for barn under 18 år som på grunn av sjukdom, skade eller lyte har behov for kontinuerleg tilsyn og pleie. Ved omsorg for ein person med utviklingshemming som har behov for kontinuerleg tilsyn og pleie på grunn av livstruande eller annan alvorleg sjukdom, blir pleiepengane ytte utan omsyn til aldersgrensa på 18 år. Det blir gitt rett til framhald av pleiepengar i ein overgangsperiode på inntil seks veker eller tre månader ut frå bestemte vilkår dersom barnet døyr i stønadsperioden. Pleiepengar blir ytte med 100 pst. kompensasjon opp til seks gonger grunnbeløpet i folketrygda. Ved behov kan inntil to omsorgspersonar få pleiepengar samtidig. Pleiepengar blir graderte mot talet på timar barnet er i ei etablert tilsyns- og avlastningsordning, og kan graderast ned til 20 pst. Pleiepengar kan likevel graderast skjønnsmessig sjølv om barnet er under tilsyn av andre, dersom foreldre ikkje kan vere i inntektsgivande arbeid på grunn av nattevaking eller konstant beredskap.

Omsorgspengar blir ytte til ein arbeidstakar som må vere borte frå arbeidet på grunn av omsorg for eit sjukt barn under tolv år. I utgangspunktet blir ytinga gitt i inntil ti stønadsdagar for kvart kalenderår. Dersom vedkommande har omsorg for meir enn to barn, blir det gitt omsorgspengar i opptil 15 dagar. Til ein arbeidstakar med kronisk eller langvarig sjuke eller funksjonshemma barn kan det givast ti stønadsdagar ekstra. Når arbeidstakaren er aleine om omsorga, blir talet på stønadsdagar dobla. Arbeidsgivaren dekker dei første ti stønadsdagane, mens folketrygda dekker omsorgspengar utover ti stønadsdagar. Sjølvstendig næringsdrivande og frilansarar dekker sjølve dei første ti dagane og får dekt eventuelle dagar utover dei på same måten som arbeidstakarar.

Rapport

Utgiftsutviklinga

Dei samla utgiftene til sjukepengar frå folketrygda var 62 062 mill. kroner i 2023. Det svarer til ein vekst på 16,1 pst. samanlikna med 2022.

Utgiftene til sjukepengar til arbeidstakarar auka med 16,1 pst., til 54 827 mill. kroner i 2023, sjå figur 6.2 for månadlege utgifter til sjukepengar til arbeidstakarar. Denne veksten kjem først og fremst av at den trygdefinansierte delen av sjukefråværet auka med heile 10,3 pst. frå 2022 til 2023, samtidig som lønnsveksten auka med 5,2 pst. 96 pst. av sjukepengeutgiftene til arbeidstakarar (52 751 mill. kroner) i 2023 gjaldt sjukepengar ved eigen sjukdom etter arbeidsgivarperioden på 16 dagar, jf. tabellen nedanfor.

Frå 2022 til 2023 gjekk utgiftene til sjukepengar til arbeidsledige ned med 31,2 pst. til 805 mill. kroner. Utgiftene til refusjonsordninga for kronisk sjuke auka derimot med 69,5 pst. til 788 mill. kroner. Utgiftene til refusjonsordninga for gravide auka også, til 132 mill. kroner i 2023, ein oppgang på 113,2 pst. frå 2022. Sjukepengar til yrkesaktive midlertidig ute av inntektsgivande arbeid auka med 28,4 pst., frå 258 mill. kroner i 2022 til 331 mill. kroner i 2023.

Sjukepengeutgifter på post 70 Sjukepengar for arbeidstakarar m.m. etter formål (mill. kroner)

2021

2022

2023

Endring i pst. 2022–2023

Sjukepengar ved eigen sjukdom etter arbeidsgivarperioden1

42 020,3

45 231,1

52 751,1

16,6

Forsikringsordning for frilansarar

1,1

1,1

1,2

13,4

Sjukepengar til yrkesaktive midlertidig ute av inntektsgivande arbeid

217,2

257,8

330,9

28,4

Sjukepengar til arbeidsledige

1 222,8

1 169,4

804,5

-31,2

Refusjon til ordningane for

– små bedrifter

11,4

13,6

13,4

-1,4

– kronisk sjuke

508,5

465,0

788,2

69,5

– tilskot ved arbeidsreiser

3,6

4,5

5,9

31,2

– gravide

82,0

61,7

131,5

113,2

– personar med innreiserestriksjonar

418,9

7,0

0,1

-98,1

Sum

44 486,1

47 211,1

54 827,0

16,1

1 Tala for 2021 og 2022 omfattar også sjukepengar ved eigen sjukdom etter tre og fem dagar finansierte av arbeidsgivar, jf. midlertidige reglar om redusert arbeidsgivarfinansiering for sjukefråvær som kjem av koronapandemien.

Utgiftene til sjukepengar til sjølvstendig næringsdrivande var 1 716 mill. kroner i 2023. Dette svarer til ein auke på 16,2 pst. frå 2022.

Utgiftene til pleie-, opplærings- og omsorgspengar auka med 20,9 pst. til 2 563 mill. kroner i 2023. Utgiftene til omsorgspengar kom på 123 mill. kroner i 2023, noko som innebar ein nedgang på 52,8 pst. frå 2022. Utgiftsnedgangen på denne ordninga heng saman med avviklinga av dei midlertidige tiltaka i samanheng med pandemien. Utgiftene til opplæringspengar auka til 64 mill. kroner i 2023, ein vekst på 21,4 pst. frå 2022, mens utgiftene til pleie av nærståande i sluttfasen av livet auka med 5,9 pst., til 60 mill. kroner.

Utgiftene til pleie av sjuke barn held fram med å auka. I 2023 steig utgiftene med 552 mill. kroner, tilsvarande 31,3 pst., til 2 317 mill. kroner. Veksten heng saman med at pleiepengeordninga for sjuke barn blei utvida frå 1. oktober 2017. Reforma innebar både ei liberalisering av kravet om dokumentasjon av sjukdom og ei utviding av aldersgruppa. Langt fleire enn tidlegare kan derfor få ytinga, noko som har resultert i at både talet på omsorgspersonar og talet på barn omfatta av ordninga meir enn dobla seg frå 2016 til 2023. I 2023 fekk totalt 22 700 omsorgspersonar pleiepengar for pleie og omsorg av totalt 18 000 barn, som utgjer 1,7 pst. av alle barn i aldersgruppa. Aldersfordelinga har også endra seg, med ein stor auke blant barn i alderen 10–14 år. Psykiske lidingar og åtferdsforstyrringar er blitt den vanlegaste diagnosegruppa.29 I 2022 fekk i gjennomsnitt 3 562 omsorgspersonar pleiepengar kvar månad for i gjennomsnitt 2 971 barn. I 2023 var det gjennomsnittlege talet på omsorgspersonar per månad 5 990, mens det gjennomsnittlege talet på barn var 5 071. Både det gjennomsnittlege talet på omsorgspersonar med pleiepengar og talet på barn omfatta av ordninga har dermed auka med 70 pst. på eitt år.

I løpet av første halvåret 2024 er det rekneskapsført 27 466 mill. kroner i sjukepengar til arbeidstakarar. Dette svarer til ein nominell auke i utgiftene på 2 393 mill. kroner eller 9,5 pst. samanlikna med utgiftene i første halvåret 2023. Utgiftsutviklinga i første halvåret er delvis ein konsekvens av framleis sterk vekst i det trygdefinansierte fråværet og delvis ein konsekvens av høg lønnsvekst. Talet på sjukepengetilfelle har gått ned, noko som indikerer at det er lengda på fråværet som har auka.

Figur 6.2 Utgiftene folketrygda har til sjukepengar til arbeidstakarar. Mill. kroner. Januar 2019–juni 2024

Figur 6.2 Utgiftene folketrygda har til sjukepengar til arbeidstakarar. Mill. kroner. Januar 2019–juni 2024

Kjelde: Arbeids- og velferdsdirektoratet.

I første halvåret 2024 er det rekneskapsført 879 mill. kroner i sjukepengar til sjølvstendig næringsdrivande, 80 mill. kroner meir enn i første halvåret 2023. Dette svarer til ein auke på 10,0 pst. Også for denne gruppa heng auken saman med ein sterk vekst i det trygdefinansierte fråværet.

Utgiftene til pleie-, opplærings- og omsorgspengar var på 1 457 mill. kroner i første halvåret 2024, 313 mill. kroner meir enn i første halvåret 2023. Utgiftsveksten var dermed på 27,4 pst. Veksten har først og fremst samanheng med auka bruk av pleiepengeordninga for sjuke barn. Utgiftene til denne ordninga auka til 1 372 mill. kroner i første halvåret 2024, ein auke på 35,9 pst. frå første halvåret 2023.

Endringar i regelverket for pleiepengar

Pleiepengeordninga gjekk gjennom ei større reform i 2017 der hensikta var å betre og utvide ordninga ved å inkludere grupper av barn som til da ikkje hadde vore omfatta av ordninga. I åra etter 2017 blei det vedtatt ytterlegare lovendringar for å styrke pleiepengeordninga. Hausten 2017 fekk Oxford Research i oppdrag å følgeevaluere den nye pleiepengeordninga i ein prosjektperiode på fem år (2017–2022). Dei la fram sluttrapporten frå evalueringa i desember 2022.

Samanfatta viser evalueringa30 at lovendringane har hatt dei tilsikta verknadene. Den nye måten å innrette pleiepengeordninga på blir vurdert som meir relevant og treffsikker og er enklare å forstå og meir føreseieleg for dei fleste aktørane. Rapporten peiker likevel på enkelte utfordringar og kjem med nokre anbefalingar. Departementet har vurdert anbefalinga om å fjerne gradering mot tilsyn. Dette vil ta bort ei skjønnmessig vurdering, men vil føre med seg nye problem med avgrensing av ordninga, og departementet vil ikkje foreslå ei slik endring. Anbefalinga om å kartlegge forholdet mellom ein del kommunale tenester og pleiepengar blir sett i samanheng med andre forskings- og utviklingsbehov.

Budsjettforslag 2025

Post 70 Sjukepengar for arbeidstakarar m.m., overslagsløyving

På bakgrunn av utviklinga i sjukefråværet i første halvåret 2024 og anslag for resten av året, er det i budsjettforslaget for 2025 lagt til grunn ein auke i det trygdefinansierte sjukefråværet tilsvarande 2 pst. i 2024 samanlikna med det gjennomsnittlege nivået året før. For 2025 blir det lagt til grunn nullvekst i det trygdefinansierte sjukefråværet samanlikna med det gjennomsnittlege nivået i 2024.

I tillegg til sjukefråværet blir sjukepengeutgiftene påverka av sysselsettingsutviklinga og lønnsveksten. I budsjettforslaget for 2025 er det lagt til grunn at sysselsettinga vil auke med 0,5 pst. i 2024 og 0,7 pst. i 2025. Vidare er det lagt til grunn at sjukepengegrunnlaget vil auke med 5,2 pst. i 2024 og 4,5 pst. i 2025.

For 2025 er det foreslått ei løyving på 62 220 mill. kroner.

Post 71 Sjukepengar for sjølvstendige, overslagsløyving

På bakgrunn av utviklinga i sjukefråværet i første halvåret 2024 og anslag for resten av året, er det i budsjettforslaget for 2025 lagt til grunn at det trygdefinansierte sjukefråværet for sjølvstendige aukar med 1 pst. i 2024 samanlikna med det gjennomsnittlege nivået året før. For 2025 blir det lagt til grunn nullvekst i det trygdefinansierte sjukefråværet samanlikna med det gjennomsnittlege nivået i 2024. I tillegg er det lagt til grunn at sysselsettinga vil auke med 0,5 pst. i 2024 og 0,7 pst. i 2025, og at sjukepengegrunnlaget vil auke med 6,0 pst. i 2024 og 4,5 pst. i 2025.

For 2025 er det foreslått ei løyving på 1 940 mill. kroner.

Post 72 Pleie-, opplærings- og omsorgspengar m.m., overslagsløyving

I anslaget for 2025 blir det lagt til grunn ein underliggande vekst i talet på mottakarar på 18 pst. i 2024 og 6 pst. i 2025.

Utgiftene på posten blir også påverka av veksten i sjukepengegrunnlaget (lønnsvekst). Det blir lagt til grunn ein vekst i sjukepengegrunnlaget på 5,2 pst. i 2024 og 4,5 pst. i 2025.

For 2025 er det foreslått ei løyving på 3 520 mill. kroner.

Post 75 Feriepengar av sjukepengar, overslagsløyving

Det blir ytt feriepengar til arbeidstakarar både av sjukepengar (post 70) og av pleie-, opplærings- og omsorgspengar (post 72). For 2025 er det lagt til grunn ein feriepengeandel på 5,7 pst. av den anslåtte utbetalinga av desse ytingane i 2024.

For 2025 er det foreslått ei løyving på 3 520 mill. kroner.

Post 76 Tilskot til ekspertbistand og kompetansetiltak for sjukmelde, kan overførast

Som ein del av IA-avtalen 2019–2024 er det oppretta eit tilskot til ekspertbistand. Formålet med tilskotsordninga er å førebygge og redusere sjukefråvær i enkeltsaker med lange og/eller hyppig gjentakande sjukefråvær på den enkelte arbeidsplassen. Tilskotet skal dekke utgifter til bistand frå ein ekspert for å løyse ulike problem som leier til sjukefråvær, med sikte på å føre arbeidstakaren tilbake til arbeid.

Tilskotsordninga, som Arbeids- og velferdsetaten forvaltar, blei sett i verk 1. september 2019 og er forlengd til utgangen av 2024. Tilskotsordninga har vore lite brukt. I 2023 var utgiftene til ordninga om lag 24,2 mill. kroner.

Arbeids- og velferdsdirektoratet prøver ut ulike tiltak for å bidra til meir bruk av ordninga. I enkelte fylke er vedtaksmyndigheita delegert frå NAV Arbeidslivssenter til NAV-kontoret som i større grad har oversikt over og kontakt med sjukmelde. Det kan bidra til å auke kjennskapen til ordninga slik at arbeidsgivarar og NAV-kontoret vurderer og tar i bruk ordninga i fleire saker. Arbeids- og velferdsetaten vil kartlegge erfaringar frå utprøvinga. Det har også blitt peikt på at arbeidsgivarar synest det er vanskeleg å finne fram til ein ekspert på eiga hand og å søke om tilskot og refusjon. Arbeids- og velferdsdirektoratet har gjennomført ei utprøving i NAV Innlandet der etaten innhentar rammeavtalar med ekspertar, for å bidra til at det bli lettare for arbeidsgivarar å ta i bruk ordninga. Arbeids- og velferdsetaten kom til at utprøvinga var lite hensiktsmessig og har derfor valt å avslutta utprøvinga i NAV Innlandet.

Arbeids- og velferdsdirektoratet vil i samråd med partane i arbeidslivet vurdere andre moglege tiltak for å gjere tilskotsordninga betre kjend og slik bidra til at ordninga blir brukt i eit større omfang.

Som ein del av IA-avtalen for 2019–2024 er det sett i gang eit forsøk med bruk av kompetansetiltak for langtidssjukmelde som ikkje kan komme tilbake til den tidlegare arbeidsgivaren sin, og som treng kompetansetiltak for å kunne kvalifiserast til anna arbeid. Målet med forsøket er å få ny kunnskap om korleis kompetanse kan styrke arbeidstilknytinga til personar i målgruppa ved å redusere sjukefråværet og hindre varig fråfall frå arbeidslivet. Forsøket blir gjennomført i ulike regionar i Arbeids- og velferdsetaten.

Tilskot til forsøk med kompetansetiltak har vore lite brukt sjølv om bruken har auka noko over tid. I 2023 var utgiftene til forsøket om lag 14,2 mill. kroner over kap. 2650, post 76.

Oslo Economics leverte ei prosessevaluering av forsøket i oktober 2022. Gjennomføringa av forsøket blei forsinka som følge av koronapandemien. På evalueringstidspunktet var det få som hadde avslutta opplæringa, og dei som var ferdige, hadde avslutta relativt nyleg. Det var derfor ikkje grunnlag for å vurdere betydninga av tiltaket over tid. På oppdrag frå Arbeids- og velferdsdirektoratet har Oslo Economics derfor gjennomført ei ny evaluering finansiert over kap. 601, post 22 Kunnskapsutvikling i IA-avtalen m.m. Denne evalueringa blei ferdig i mai 2024.

Dei to evalueringane viser samla:

  • at tiltaket i hovudsak er brukt av sjukmelde med lite utdanning som er i fysisk krevjande yrke og har diagnosar som samsvarer dårleg med arbeidsoppgåvene over tid.

  • at kandidatane opplever tiltaket som nyttig, og at ein del av dei går over i nytt arbeid. Eitt år etter tiltaket har 55 pst. av deltakarane fått jobb hos ein ny arbeidsgivar. Det er likevel slik at om lag ein tredel av deltakarane får helserelaterte ytingar også etter tiltaket.

  • at forsøket er ressurskrevjande for Arbeids- og velferdsetaten. Etaten gjennomfører mange kartleggingssamtalar med sjukmelde, men berre ein liten andel av samtalane resulterer i eit opplæringstiltak. NAV-rettleiarane meiner likevel at også sjølve kartleggingssamtalen er verdifull for brukarane.

  • at det at tiltaket som hovudregel skal gjennomførast i sjukepengeperioden (maksimalt tolv månader) betyr at tilbodet er avgrensa til relativt korte kurs. Det gjer at tilbodet ikkje er så aktuelt for mange av dei sjukmelde.

  • at forsøket har gitt Arbeids- og velferdsetaten nyttig erfaring med å etablere system for å identifisere målgruppa for kompetansetiltak på eit tidleg tidspunkt i sjukefraværsløpet.

Budsjettforslag

Regjeringa foreslår at det blir sett av 51,2 mill. kroner til tilskot til ekspertbistand og 46,3 mill. kroner til forsøk med kompetansetiltak for sjukmelde i 2025.

For 2025 er det foreslått ei samla løyving på 97,5 mill. kroner.

Kap. 2651 Arbeidsavklaringspengar

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2023

Saldert budsjett 2024

Forslag 2025

70

Arbeidsavklaringspengar, overslagsløyving

40 538 506

44 233 200

50 160 000

71

Tilleggsstønad, overslagsløyving

121 612

145 000

139 000

72

Legeerklæringar

442 345

465 000

490 000

Sum kap. 2651

41 102 463

44 843 200

50 789 000

Hovudtrekk ved regelverket og endringar i regelverket

Arbeidsavklaringspengar skal sikre inntekt for personar som får aktiv behandling, deltar på arbeidsretta tiltak eller får anna oppfølging med sikte på å skaffe seg eller behalde arbeid. For å ha rett til arbeidsavklaringspengar må ein ha ei arbeidsevne som er nedsett med minst 50 pst. på grunn av sjukdom, skade eller lyte. Ytinga blir innvilga for inntil eitt år om gongen. Stønadsperioden for arbeidsavklaringspengar er avgrensa til tre år, men kan forlengast i inntil to år etter særlege unntaksreglar. Arbeidsavklaringspengar blir berekna på grunnlag av tidlegare pensjonsgivande inntekt opp til seks gonger grunnbeløpet i folketrygda (G). Ytinga blir gitt med 66 pst. av den pensjonsgivande inntekta siste året eller gjennomsnittet av den pensjonsgivande inntekta dei tre siste kalenderåra, rekna frå året før arbeidsevna blei sett ned. Minsteytinga er 2,041 G og to tredelar av dette for personar under 25 år. Desse satsane auka frå 1. juli 2024 i samanheng med budsjettavtalen mellom regjeringa og SV.

Tilleggsstønad skal kompensere for utgifter til bøker og undervisningsmateriell, reiser, flytting, barnetilsyn og bustad som stønadsmottakaren har i samanheng med deltaking på arbeidsretta tiltak.

Legeerklæringar gjeld dekning av honorar for erklæringar som Arbeids- og velferdsetaten innhentar frå legar og andre behandlarar i samanheng med behandling av krav om ytingar frå folketrygda. Posten omfattar også honorar til legar for å delta på dialogmøte for sjukmelde.

Det blei innført fleire endringar i regelverket for arbeidsavklaringspengar frå 1. juli 2022. Karensperioden for arbeidsavklaringspengar er avvikla, og unntaksreglane for forlenging av stønadsperioden er endra. Endringane vil motverke uheldige avbrot i avklaringsprosessen for dei som treng meir tid til å komme tilbake i jobb, og sikre lengre stønadsperiode for dei som treng noko lengre tid for å få arbeidsevna avklart.

Departementet vil følge med på korleis endringane i regelverket frå 1. juli 2022 påverkar avklaringsløpet til stønadsmottakarane, bl.a. kor mange og lange stønadsløp mottakarane no får før dei blir avklarte. Dersom det skulle vise seg at endringane har utilsikta konsekvensar, for eksempel ved at mange får arbeidsavklaringspengar i uforholdsmessig lang tid, vil departementet vurdere om det er behov for å gjere andre endringar i regelverket.

Mottakarar av arbeidsavklaringspengar som har barn, får eit fast kronebeløp i barnetillegg. Tidlegare hadde forsørgaren ikkje rett til barnetillegg til arbeidsavklaringspengar dersom barnet hadde eiga inntekt som var større enn grunnbeløpet (G per 1. mai 2024 er 124 028 kroner). Det same gjaldt dersom barnet hadde rett til barnepensjon etter folketrygdlova kapittel 18. Frå 1. februar 2024 blei reglane endra slik at barnetillegget skal givast uavhengig av om barnet har inntekt eller rett til barnepensjon.

Rapport

Utgiftsutviklinga

I 2023 blei det utbetalt 40 539 mill. kroner til mottakarar av arbeidsavklaringspengar. Dette er ein auke på 12,6 pst. samanlikna med 2022. Frå 2022 til 2023 auka både talet på mottakarar av arbeidsavklaringspengar og den gjennomsnittlege utbetalinga. Auken i talet på mottakarar må bl.a. sjåast i samanheng med pandemien og endringane i regelverket frå 1. juli 2022. Midlertidige regelendringar, generelle forseinkingar i avklaringsløpa for alle mottakarar og etterverknader av koronapandemien har bidratt til låg avgang frå ordninga og vekst i talet på mottakarar. I tillegg blei det med dei nye reglane frå 1. juli 2022 betre moglegheiter for å ta imot ytinga utover grensa for varigheit på tre år, og det blei gitt moglegheit til å få innvilga ein ny stønadsperiode. Tilgangen til ordninga har også auka noko, bl.a. som følgje av høgare sjukefråvær.

I første halvåret 2024 er det rekneskapsført 22 371 mill. kroner i utgifter til arbeidsavklaringspengar. Dette inneber ein nominell vekst i utgiftene på 14,3 pst. samanlikna med første halvåret 2023.31

Den nominelle veksten i utgifter til arbeidsavklaringspengar må sjåast i samanheng med auken i det gjennomsnittlege talet på mottakarar og auken i det gjennomsnittlege grunnbeløpet i første halvåret 2024 sett i forhold til første halvåret 2023.

I 2023 blei det utbetalt 122 mill. kroner i tilleggsstønader. Dette var ein auke på 3 mill. kroner, eller 2,2 pst., samanlikna med 2022. I første halvåret 2024 er det rekneskapsført om lag 74 mill. kroner i tilleggsstønader. Dette inneber ein auke i utgiftene på 7,7 pst. samanlikna med første halvåret 2023.

Utgiftene til legeerklæringar var på 442 mill. kroner i 2023. Dette var ein auke på 22 mill. kroner, eller 5,2 pst., frå 2022. I første halvåret 2024 er det rekneskapsført om lag 236 mill. kroner til legeerklæringar. Dette inneber ein auke i utgiftene på 6 pst. frå same periode i fjor.

Mottakarar av arbeidsavklaringspengar

Talet på mottakarar av arbeidsavklaringspengar var om lag 149 000 i desember 2023. Dette er ein auke på om lag 9 600 frå samme tidspunkt i 2022, om lag 16 400 frå 2021 og om lag 34 100 frå 2019.

4,4 pst. av befolkninga i alderen 18–66 år fekk arbeidsavklaringspengar i juni 2024. Tilsvarande andel i juni 2023 var 4,2 pst. I juni 2024 var det om lag 155 000 mottakarar av arbeidsavklaringspengar. Dette er 9 700 fleire enn i juni 2023.

Figur 6.3 viser utviklinga i talet på personar som fekk arbeidsavklaringspengar i desember månad, frå 2014 til 2023.

Figur 6.3 Talet på mottakarar av arbeidsavklaringspengar. Tal for desember 2014–2023. Talet på mottakarar og andel av befolkninga som får ytinga. Talet på mottakarar i tusen

Figur 6.3 Talet på mottakarar av arbeidsavklaringspengar. Tal for desember 2014–2023. Talet på mottakarar og andel av befolkninga som får ytinga. Talet på mottakarar i tusen

Kjelde: Arbeids- og velferdsdirektoratet.

Ordninga med arbeidsavklaringspengar blei innført 1. mars 2010 og erstatta dei tre tidlegare ytingane rehabiliteringspengar, attføringspengar og tidsavgrensa uførestønad.32 Frå 2014 og fram til desember 2019 minka talet på mottakarar og andelen mottakarar av befolkninga. Da var det om lag 36 400 færre mottakarar enn i 2014. Det var størst nedgang i talet på mottakarar i 2018. Dette må sjåast i lys av regelendringane som kom i 2018, spesielt innstramminga i vilkåra for å få unntak frå maksimal varigheit og innføringa av karens.

I 2020–2023 auka talet på mottakarar. Midlertidige regelendringar, generelle forseinkingar i avklaringsløpa og ein lengre periode med auke i arbeidsløysa under koronapandemien bidrog til låg avgang frå ordninga frå og med 2020. Frå 2022 spelar òg nye reglar inn som i større grad enn tidlegare gir høve til å ta imot ytinga utover varigheitsgrensa på tre år, eller å få innvilga ein ny stønadsperiode. Tilgangen har òg auka noko etter 2019. Det kan ha ulike årsaker, men frå 2021 skuldast det særleg høgare sjukefråvær. Auke i tilgangen og lågare avgang har ført til vekst i talet på mottakarar i perioden 2020–2023. Auka tal på brukarer per rettleiar og auka tid til saksbehandling for uføretrygd kan også vere med på å forklare utviklinga dei siste to åra.

Talet på mottakarar av arbeidsavklaringspengar i desember 2023. Etter alder og kjønn

Under 30 år

30–49 år

50 år og over

Totalt

Kvinner

16 906

41 559

29 625

88 090

Menn

12 533

25 977

22 369

60 879

Sum

29 439

67 536

51 994

148 969

Tabellen ovanfor viser kjønns- og aldersfordelinga blant mottakarar av arbeidsavklaringspengar ved utgangen av 2023. Det er berre små endringar frå 2022. 45 pst. dei som får arbeidsavklaringspengar, er i aldersgruppa 30–49 år, mens 35 pst. er 50 år og eldre. Andelen som er i aldersgruppa under 30 år, er 20 pst. Blant mottakarane av arbeidsavklaringspengar er andelen kvinner 59 pst. Andelen kvinner er høgast i aldersgruppa 30–49 år (62 pst.). Både for dei under 30 år og dei i aldersgruppa over 50 år er andelen kvinner 57 pst.

Personar med rett på arbeidsavklaringspengar på tiltak1. Talet totalt og prosentvis andel på ulike tiltak. Årsgjennomsnitt, 2021–2023

2021

2022

2023

Arbeidspraksis

28,4

27,3

26,1

Arbeidsretta rehabilitering

2,1

1,8

1,7

Avklaringstiltak

9,3

8,5

7,4

Jobbskaping og eigenetablering

0,1

0,1

0,1

Lønnstilskot

5,9

6,1

4,9

Oppfølging

26,1

27,6

29,6

Opplæring

27,5

28

29,6

Tilrettelagt arbeid

0,1

0,2

0,3

Tilrettelegging

0,4

0,5

0,5

Totalt tal på tiltak

26 323

27 742

27 721

1 Mottakarar av arbeidsavklaringspengar på tiltak er her definerte etter rett til ytinga ved utgangen av månaden.

Tabellen ovanfor viser mottakarar av arbeidsavklaringspengar som har rett til tiltak. Det gjennomsnittlege talet på mottakarar av arbeidsavklaringspengar på tiltak var om lag 27 700 i 2023. Dette utgjer om lag 19 pst. av alle mottakarane av arbeidsavklaringspengar.33 Dei fleste var under opplæring (29,6 pst.), fekk oppfølging (29,6 pst.) eller var i arbeidspraksis (26,1 pst.). Mange mottakarar av arbeidsavklaringspengar er i aktiv medisinsk behandling og/eller delvis i ordinært arbeid og inngår derfor ikkje i tabellen ovanfor.

Mottakarar av arbeidsavklaringspengar under 30 år

Ved utgangen av 2023 fekk om lag 29 440 personar under 30 år arbeidsavklaringspengar. Dette er ein auke på om lag 1 600 personar, eller vel 5,8 pst., i forhold til utgangen av 2022, da det var 27 840 personar under 30 år som fekk arbeidsavklaringspengar.

Sidan 2014 har talet på mottakarar av arbeidsavklaringspengar under 30 år auka med om lag 2 100 personar. Andelen mottakarar av arbeidsavklaringspengar i aldersgruppa 18–29 år har auka frå 3,3 pst. i 2014 til 3,5 pst. i 2023.

Status etter avgang frå arbeidsavklaringspengar

Talet på avgangar frå arbeidsavklaringspengar er redusert med nær 3 800 frå 2022 til 2023 og har vore prega av at færre gjekk til uføretrygd og arbeid samanlikna med 2022. Figur 6.4 viser fordelinga på status seks månader etter avgang for dei som avslutta eit stønadsløp i 2023.

Figur 6.4 Avgangar frå arbeidsavklaringspengar i 2023 – status seks månader etter avgang

Figur 6.4 Avgangar frå arbeidsavklaringspengar i 2023 – status seks månader etter avgang

Kjelde: Arbeids- og velferdsdirektoratet.

Som figuren viser, var det 48 pst. som seks månader etter avgang fekk uføretrygd, anten som full eller gradert uføretrygd eller i kombinasjon med arbeid. Den samla andelen som fekk uføretrygd, var eitt prosentpoeng lågare enn for avgangane i 2022, mens talet er redusert med nær 2 300 personar. Vidare var det om lag 20 pst. som var i arbeid (heiltid eller deltid) utan samtidig å få andre statlege ytingar.34 Dette er tre prosentpoeng lavere enn for 2022. I tillegg var det nær 18 pst. som var i arbeid samtidig som dei fekk ei anna yting, inkludert dei som kombinerte uføretrygd med arbeid – ein nedgang på to prosentpoeng frå 2022. Nær 10 pst. av dei som avslutta ein stønadsperiode med arbeidsavklaringspengar i 2023, fekk arbeidsavklaringspengar igjen seks månader etterpå. Denne andelen er 1,3 prosentpoeng høgare enn i 2022.

Om lag 16 pst. av dei som avslutta ein stønadsperiode med arbeidsavklaringspengar i 2023, var etter seks månader verken registrerte i arbeid eller som mottakarar av uføretrygd eller arbeidsavklaringspengar. Dette kan vere personar som fekk andre ytingar etter folketrygda, tiltakspengar, kvalifiseringsstønad, økonomisk sosialhjelp eller studielån, var privat forsørgde eller var ordinære arbeidssøkarar. Andelen har auka med 3,4 prosentpoeng frå 2022.

Budsjettforslag 2025

Post 70 Arbeidsavklaringspengar, overslagsløyving

For 2025 er det lagt til grunn eit gjennomsnittleg antal mottakarar av arbeidsavklaringspengar på 161 100 og ei gjennomsnittleg utbetaling per mottakar på 311 359 kroner.

Utgiftsanslaget for 2025 inkluderer anslått effekt av trygdeoppgjeret i 2024 og 2025. Som følge av dette aukar utgiftsanslaget for 2025 med til saman 2 154 mill. kroner.

For 2025 er det foreslått ei løyving på 50 160 mill. kroner.

Post 71 Tilleggsstønad, overslagsløyving

For 2025 er det lagt til grunn ein auke på 3 pst. i talet på mottakarar av tilleggsstønader. Satsane for tilleggsstønader blir prisjusterte med 3,0 pst.

For 2025 er det foreslått ei løyving på 139 mill. kroner.

Post 72 Legeerklæringar

Posten gjeld dekning av honorar for erklæringar som Arbeids- og velferdsetaten innhentar frå legar og andre behandlarar i samanheng med behandling av krav om ytingar frå folketrygda. Posten omfattar også honorar til legar for å delta på dialogmøte for sjukmelde.

For 2025 er det foreslått ei løyving på 490 mill. kroner.

Kap. 2655 Uførleik

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2023

Saldert budsjett 2024

Forslag 2025

70

Uføretrygd, overslagsløyving

117 726 183

125 980 000

132 617 500

75

Meinerstatning ved yrkesskade, overslagsløyving

80 905

94 000

68 000

76

Yrkesskadetrygd gml. lovgiving, overslagsløyving

33 228

31 000

30 000

Sum kap. 2655

117 840 316

126 105 000

132 715 500

Hovudtrekk ved regelverket og endringar i regelverket

Uføretrygd skal sikre inntekt til personar som har fått inntektsevna si varig nedsett med minst 50 pst. på grunn av sjukdom, skade eller lyte. For personar som får arbeidsavklaringspengar når kravet om uføretrygd blir sett fram, er det tilstrekkeleg at inntektsevna er varig nedsett med 40 pst. Det er eit vilkår for rett til uføretrygd at ein har gjennomgått tenleg behandling for å betre inntektsevna. Arbeidsretta tiltak skal vere gjennomførte viss ikkje openberre grunnar tilseier at dette ikkje er tenleg.

Uføretrygda svarer til 66 pst. av berekningsgrunnlaget, som er gjennomsnittet av pensjonsgivande inntekt i dei tre beste av dei fem siste kalenderåra forut for uføretidspunktet. Pensjonsgivande inntekt over seks gonger grunnbeløpet (G) blir ikkje medrekna. For personar som lever saman med ektefelle eller sambuar, er den minste årlege ytinga 2,329 G, eller 2,379 G dersom personane får ei uføretrygd som er ein omrekna uførepensjon. For andre utgjer den minste årlege ytinga 2,529 G. Den som blir ufør før fylte 26 år på grunn av alvorleg og varig sjukdom som er klart dokumentert, er sikra ei årleg minsteyting på høvesvis 2,709 G (gift/sambuar) eller 2,959 G (einsleg). Desse satsane blei auka 1. juli 2024 i samanheng med budsjettavtalen mellom regjeringa og SV. Det blir gitt behovsprøvd barnetillegg for kvart barn den uføretrygda forsørger. Dersom trygdetida (busett og/eller i arbeid i Noreg) er mindre enn 40 år, blir uføretrygda avkorta tilsvarande.

Personar som fyller vilkåra for rett til uføretrygd, men som ikkje har mista heile inntektsevna, får ei gradert uføretrygd tilsvarande den delen av inntektsevna som er tapt. Det blir fastsett ei inntektsgrense for den uføretrygda som svarer til (forventa) inntekt etter uførleik pluss eit fribeløp på 0,4 G. Når inntekta overstig inntektsgrensa, skal den overskytande inntekta føre til ein forholdsmessig reduksjon i uføretrygda. Reduksjonen skjer ut frå kor stor andel uføretrygda ved 100 pst. uføregrad utgjer av inntekta før uførleik, det vil seie etter den faktiske kompensasjonsgrada for den enkelte. Dei fleste som får uføretrygd, har ei kompensasjonsgrad på 66 pst. eller lågare. Uføregrada ligg fast sjølv om uføretrygda blir redusert på grunn av inntekt. Reglane om gradering og om reduksjon skal sikre at to personar med same tidlegare og noverande inntekt får utbetalt om lag like høg uføretrygd utan omsyn til innvilga uføregrad.

Mottakarar av uføretrygd har rett til barnetillegg dersom dei forsørger barn. Frå 1. juli 2024 blir det gitt barnetillegg uavhengig av inntekta til barnet.

Etter forslag frå Regjeringa Solberg vedtok Stortinget 10. desember 2020 ei reform av ytingane frå folketrygda til etterlatne. Reforma tok til å gjelde 1. januar 2024. Som ein del av reforma blei attlevandefordelar i uføretrygda frå folketrygda fasa ut. Frå og med 2024 blir det ikkje lenger innvilga nye attlevandetillegg til uføretrygd frå folketrygda. Attlevandetillegg til uføretrygd innvilga til og med 2023 blir vidareførte, men blir unntatt frå årleg regulering. Sjå nærmare omtale under punkt 6.7.3 Igangverande prosessar på pensjonsområdet.

Oppfølging av oppmodingsvedtak nr. 533, 14. mars 2023

«Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget med forslag som sikrer at uføre som kommer i arbeid, ikke skal få urimelige tilbakebetalingskrav for allerede utbetalt uføretrygd. Endringen må ikke innebære at dagens fribeløp svekkes eller fjernes.»

Personar som får uføretrygd, kan årleg tene inntil 0,4 gonger grunnbeløpet (G) dvs. om lag 49 611 kroner, utan at uføretrygda blir redusert (fribeløp). Delvis uføre kan i tillegg nytte den delen av inntektsevna som ikkje har falt bort på grunn av uførleiken, og som ligg til grunn for den fastsette uføregrada. Blir inntekta høgare, skal uføretrygda reduserast med ein del av den overskytande inntekta. Ein mottakar av uføretrygd kan enkelt melde frå om forventa pensjonsgivande inntekt, og endringar undervegs i året, slik at ytinga blir utbetalt mest mogleg korrekt. For mykje eller for lite utbetalt uføretrygd blir korrigert året etter i form av eit etteroppgjer etter mønster av dei årlege skatteoppgjera.

Viss inntekta eit år blir høgare enn 80 pst. av inntekta før uførleik, skal det ikkje utbetalast uføretrygd det året. Som ein konsekvens av dette skal i utgangspunktet all uføretrygd som har vore utbetalt gjennom året krevjast tilbake i etteroppgjeret. Arbeids- og velferdsetaten kan likevel la vere å gjere krav på tidlegare utbetalt uføretrygd som mottakaren hadde rett på, viss overskridinga kjem av eit forsøk på å komme seg tilbake i arbeid, eller eit forsøk på å auke arbeidsinnsatsen for dei som allereie arbeider noko. Nærmare reglar om arbeidsforsøk er fastsette i forskrift.

Våren 2024 sende departementet eit forslag om endringar i forskrifta på høyring, med høyringsfrist 3. april. Forslaget opnar for å gjere unnataket for tilbakekrevjing meir fleksibelt slik at uføre kan prøve seg i arbeid fleire gonger, utan fare for å få eit tilbakebetalingskrav. I dag opnar reglane berre for eitt arbeidsforsøk. Dei foreslåtte endringane skal trygge uføre på veg tilbake i full jobb slik at dei ikkje taper økonomisk. Forslaget, som også gjeld for uførepensjon frå offentleg tenestepensjonsordning, støttar opp om regjeringa sitt mål om at det skal bli enklare for personar som har trygd, å kombinere trygd med arbeid.

Høyringsinstansane har vore positive til forslaget. Departementet tar sikte på å fastsette endringar i forskrifta innan årsskiftet, og at dei nye reglane kan gjerast gjeldande for etteroppgjeret for 2024.

Forslaget er anslått å medføre meirutgifter til uføretrygd, sjå nærmare omtale under budsjettforslaget. Forslaget er også venta å medføre mindre meirutgifter under Statens pensjonskasse, sjå nærmare omtale under kap. 612. Også for Arbeids- og velferdsetaten er forslaget venta å medføre auka utgifter, sjå nærmare omtale under kap. 605, post 01.

Oppfølging av oppmodingsvedtak nr. 937, 16. juni 2023

«Stortinget ber regjeringa i samband med statsbudsjettet for 2024 komme tilbake med ei vurdering av ei omlegging av fribeløpet i uføretrygda, under dette ei vurdering av ein auke av fribeløpet inntil 1 G og andre endringar med mål om at uføre med restarbeidsevne i større grad enn med dagens regelverk kan kombinere arbeidsinntekt med uføretrygd.»

Oppmodingsvedtaket er følgt opp med samfunnsøkonomiske vurderingar av moglege endringar.

Regjeringa varsla i Prop. 1 S for 2024 at ein ville lyse ut ei ekstern utgreiing for å få eit tilstrekkeleg kunnskapsgrunnlag for vurderingane. Deretter ville ein komme tilbake med ei nærmare utgreiing og vurdering i Prop. 1 S for 2025.

Statistisk sentralbyrå (SSB) publiserte på oppdrag frå Arbeids- og inkluderingsdepartementet rapporten Utredning av modeller for kombinasjon av arbeidsinntekt og uføretrygd 27. mai 2024. I rapporten reknar SSB ut konsekvensar av ulike modellar for avkorting av uføretrygd ved samtidig lønnsinntekt. I analysen har ein berre inkludert personar som er 100 pst. uføre. Rapporten konkluderer med at dagens reglar i all hovudsak balanserer ulike omsyn på ein god måte. Likevel har SSB nokre forslag til korleis det kan bli enklare for uføretrygda å kombinere trygd med arbeid. Dei foreslåtte tiltaka er ikkje grundig analyserte i rapporten, og må greiast ut nærmare.

I dag kan personar som får 100 pst. uføretrygd, ha ei pensjonsgivande inntekt på inntil 0,4 G før uføretrygda blir redusert (det såkalla fribeløpet). Trygda blir redusert med ein individuell reduksjonssats som svarer til kompensasjonsgrada. For dei fleste er kompensasjonsgrada om lag 60-70 pst., men ho kan også vere høgare eller lågare. Uføregraden blir ikkje revurdert, men ligg fast. Personar med varierande arbeidsevne kan derfor trygt prøve seg i arbeid utan å risikere varig reduksjon i uføregraden.

SSB konkluderer i rapporten med at det kan vere samfunnøkonomisk lønnsamt å ha eit fribeløp, men da må nivået ikkje vere høgare enn om lag 0,4–0,5 G. Eit fribeløp på 1 G vil ikkje ha store effektar på arbeidsdeltakinga til 100 pst. uføre; om lag 24 pst. ville kombinert arbeid og uføretrygd ved eit fribeløp på 1 G, samanlikna med om lag 22 pst. som gjer det i dag.

Ei viktig utfordring med å auke fribeløpet er at jo høgare fribeløpet er, desto større blir forskjellen mellom to personar med lik tidlegare inntekt og som jobbar like mykje, men som har fått innvilga ulik uføregrad. Ein auke av fribeløpet gjer det relativt meir lønnsamt for uføre med noko arbeidsevne å vere 100 pst. uføretrygda samanlikna med å ha ei gradert uføretrygd. Dette har samanheng med at det ikkje er noko fribeløp når sjølve uføregrada skal fastsettast når uføretrygda blir innvilga. Personar som får innvilga ei gradert uføretrygd, og som allereie fullt ut har utnytta den resterande inntektsevna si, vil dermed i praksis ikkje få nytte av fribeløpet.

Rapporten gir ikkje grunnlag for å auke fribeløpet utover dagens nivå.

SSB foreslår i rapporten å sjå nærmare på ei gruppe uføretrygda som har ei veldig høg kompensasjonsgrad, og derfor også ein høg reduksjonssats. Denne gruppa tener lite på å arbeide ved sida av trygda. Dette gjeld bl.a. personar som får andre ytingar, slik som barnetillegg eller offentleg tenestepensjon. Regjeringa vil gjere det lettare å kombinere uføretrygd med arbeid, og ønsker derfor å sjå nærmare på om andre justeringar i regelverket enn å auke fribeløpet kan gjere det meir lønnsamt å arbeide ved sida av trygda for denne gruppa, for eksempel ved å innføre eit tak på kor høg reduksjonssatsen kan vere.

Regjeringa vil greie ut denne og liknande problemstillingar vidare og komme tilbake i Prop. 1 S for 2026 med ei nærmare vurdering av moglege tiltak. Eventuelle endringar vil truleg uansett ikkje kunne tre i kraft før 2026, fordi Arbeids- og velferdsdirektoratet og eventuelle tenestepensjonsleverandørar ofte treng minst eit halvt år på å implementere regelverksendringar.

Rapport

Utgiftsutviklinga

I 2023 var utgiftene til uføretrygd på 117 726 mill. kroner, mot 109 895 mill. kroner i 2022. Dette er ein auke på 7 831 mill. kroner, eller 7,1 pst. frå 2022.

Utgiftsveksten skriv seg i hovudsak frå regulering av grunnbeløpet og ein auke i talet på mottakarar av uføretrygd. Det gjennomsnittlege grunnbeløpet auka i perioden 2022–2023 med om lag 5,9 pst. Det gjennomsnittlege talet på mottakarar auka med om lag 0,9 pst. frå 2022 til 2023.

Auken i utgifter til uføretrygd var likevel lågare i perioden 2021–2023 enn i dei føregåande åra. Det kjem av ein midlertidig nedgang i talet på mottakarar som gjekk frå arbeidsavklaringspengar til uføretrygd, som følge av at stønadsperioden for mottakarar av arbeidsavklaringspengar blei forlengd på grunn av koronapandemien. I 2022 var det også andre endringar i reglane for arbeidsavklaringspengar. Også desse endringane kan ha bidratt til at færre gjekk frå arbeidsavklaringspengar til uføretrygd samanlikna med før 2021.

I første halvåret 2024 er det rekneskapsført utgifter på 61 176 mill. kroner til uføretrygd. Dette inneber ein vekst på 5,87 pst. i forhold til same perioden i 2023.

Mottakarar av uføretrygd

Per desember 2023 var det registrert 366 625 mottakarar av uføretrygd. Det er ein auke på 2 200 personar, eller 0,6 pst., frå desember 2022. Som andel av befolkninga i aldersgruppa 18–66 år var det 10,4 pst. som fekk uføretrygd i desember 2023. Det var ein nedgang på 0,1 pst. frå desember 2022. Nedgangen kjem av at befolkninga i aldersgruppa 18–66 år auka dette året som følge av høg innvandring.

Ved utgangen av juni 2024 fekk 369 800 personar uføretrygd, noko som inneber ein auke på 3 175 personar sidan utgangen av 2023. Ved utgangen av juni 2024 fekk 10,47 pst. av befolkninga i aldersgruppa 18–66 år uføretrygd, og det er tilnærma same nivået som ved utgangen av 2021. Veksten i talet på mottakarar i 2023 og første halvåret 2024 har vore lågare enn i 2020 og 2019. Det kjem i hovudsak av at det har vore færre med overgang frå arbeidsavklaringspengar enn tidlegare år, og må sjåast i samanheng med midlertidige regelverksendringar for arbeidsavklaringspengar på grunn av koronapandemien.

Figur 6.5 Mottakarar av uføretrygd.1 Talet på mottakarar og mottakarar som andel av befolkninga i aldersgruppa 18–66 år ved utgangen av året. Tal i tusen. Andel i pst. 2014–2023

Figur 6.5 Mottakarar av uføretrygd.1 Talet på mottakarar og mottakarar som andel av befolkninga i aldersgruppa 18–66 år ved utgangen av året. Tal i tusen. Andel i pst. 2014–2023

1 11/12 av 18-åringane og 1/12 av 67-åringane er medrekna. Det kjem av at ein kan få uføretrygd frå månaden etter at ein fyller 18 år, og til og med den månaden ein fyller 67 år.

Kjelde: Arbeids- og velferdsdirektoratet.

Figur 6.5 viser utviklinga i talet på personar som fekk uføretrygd, frå 2014 til 2023. I åra frå 2014 til 2023 auka talet på uføretrygda kvart år. Frå 2014 til 2023 auka andelen av befolkninga med uføretrygd frå 9,4 pst. til 10,4 pst. I tiåret før 2014 heldt talet på mottakarar av uføretrygd og tidsavgrensa uførestønad seg tilnærma uendra. Samtidig førte vekst i befolkninga til ein reduksjon i andelen uføretrygda. I 2004 utgjorde andelen 10,4 pst., medan han i 2013 var redusert til 9,3 pst. Under del I, punkt 3.6 Utviklinga i helserelaterte ytingar, kan ein sjå utviklinga for dei helserelaterte ytingane i samanheng over fleire år. Der blir også betydninga av demografiske endringar og arbeidsmarknadssituasjonen drøfta nærmare.

Tabellen nedanfor viser alders- og kjønnsfordelinga blant mottakarar av uføretrygd ved utgangen av 2023. Omtrent 5,9 pst. av mottakarane er i aldersgruppa under 30 år, mens 28,9 pst. er mellom 30 og 49 år. Hovudtyngda av mottakarane er 50 år og eldre og utgjer omtrent 65 pst. av alle mottakarane. Andelen kvinner er høgast i aldersgruppene 30–49 år og dei frå 50 år og over, høvesvis 59 pst. og 60 pst. Blant dei under 30 år utgjer menn 53,6 pst. Fordelinga av uføretrygda etter alder og kjønn er så å seie uendra frå 2022.

Talet på mottakarar av uføretrygd i desember 2023. Etter alder og kjønn

Under 30 år

30–49 år

50 år og over

Ikkje oppgitt

Totalt

Kvinner

10 115

62 082

142 880

1

215 078

Menn

11 692

43 926

95 928

3

151 549

Sum

21 807

106 008

238 808

4

366 627

Som andel av befolkninga er det fleire kvinner enn menn som får uføretrygd. 12,5 pst. av kvinnene i aldersgruppa 18–66 år fekk uføretrygd ved utgangen 2023, mot 8,4 pst. av mennene i same aldersgruppa. Frå 2022 er andelen blant kvinner omtrent uendra, mens andelen blant menn er 0,1 pst. lågare. Uføreandelen blant kvinner er høgare enn blant menn i alle aldersgrupper eldre enn 24 år. I aldersgruppene 18–19 år og 20–24 år er andelen menn høgare. Forskjellane mellom kjønna aukar med alderen og er særleg stor for gruppa 50 år og eldre.

Samanlikna med utgangen av desember 2022 gjekk uføreandelen ned for dei over 44 år, der dei over 60 år hadde størst nedgang. For aldersgruppa 30–34 år auka andelen, mens for 18–24- og 25–29-åringane var andelane uendra. Nedgangen for aldersgruppene over 44 år, men spesielt dei over 60 år, har bidratt til at uføreandelen i alt har halde seg forholdsvis stabil over tid. Andelen unge uføre i pst. av befolkninga i same aldersgruppa var på 2,6 pst. per desember 2023, og andelen unge uføretrygda held seg dermed på same nivået som ved utgangen av 2022. Utviklinga det siste året viser same andelen for aldersgruppa 18–19 år og 25–29 år, men for aldersgruppa 20–24 år er andelen det siste året redusert med 0,1 prosentpoeng.

Talet på nye mottakarar av uføretrygd i løpet av året og prosentvis endring frå året før. 2021–2023

År

Nye mottakarar av uføretrygd

Prosentvis endring frå året før

I alt

Menn

Kvinner

I alt

Menn

Kvinner

2021

28 114

11 804

16 310

–3,0

–4,0

–2,2

2022

28 671

12 111

16 560

2,0

2,6

1,5

2023

26 901

11 307

15 594

–6,2

–6,6

–5,8

Tabellen ovanfor viser talet på nye mottakarar av uføretrygd i løpet av året og prosentvis endring frå tidlegare år. Det var ein nedgang i talet på nye mottakarar av uføretrygd blant begge kjønn frå 2022 til 2023. Blant kvinnene var det 966 færre nye mottakarar i 2023, mens det blant mennene var 804 færre nye mottakarar samanlikna med i 2022. Av nye uføretrygda i 2023 var 58 pst. kvinner.

Per desember 2023 var det 372 370 personar med eit vedtak om uføretrygd. Av desse var 18,6 pst. registrerte med eit arbeidsforhold. Dette er 0,1 prosentpoeng høgare enn i desember 2022. I underkant av 80 pst. av mottakarane av uføretrygd fekk 100 pst. uføretrygd. Av desse var 5,2 pst. registrerte med eit arbeidsforhold. Om lag 20 pst. av alle uføretrygda hadde vedtak om gradert uføretrygd. Av desse var 72 pst. registrerte med eit arbeidsforhold.

Den gjennomsnittlege utbetalingsgrada, det vil seie justert for reduksjon mot samtidig pensjonsgivande inntekt, var 93,0 pst. i desember 2023. Det er 0,1 prosentpoeng høgare enn på same tida i 2022.

Mottakarar av uføretrygd under 30 år

Ved utgangen av 2023 fekk om lag 21 807 personar under 30 år uføretrygd. Dette er ein reduksjon på om lag 10 personar i forhold til utgangen av 2022, da det var 21 817 personar under 30 år som fekk uføretrygd.

Sidan 2013 har talet på uføretrygda under 30 år auka med om lag 11 360 personar. Det har vore ein betydeleg befolkningsvekst i aldersgruppa i perioden, men likevel har andelen uføre i aldersgruppa under 30 år dobla seg frå om lag 1,3 pst. i 2013 til om lag 2,6 pst. i 2023. Endringar i regelverket for midlertidige helserelaterte ytingar har også hatt noko å seie for utviklinga. I perioden med tidsavgrensa uførestønad (2004–2010) fekk mange unge slik stønad når dei søkte om ei uføreyting. Det har også blitt vist til at sjølve overføringa av mottakarar av rehabiliteringspengar, attføringspengar og tidsavgrensa uførestønad til arbeidsavklaringspengar i 2010 gjorde det mogleg med ekstra lange forløp før avklaring mot uføretrygd.

Mykje av veksten i uføreandelen blant unge skriv seg frå ein auke i andelen som blir uføretrygda ved 18-års alder. Ei mogleg årsak som er trekt fram for denne gruppa, er at fleire barn med alvorlege medisinske lidingar når vaksen alder.35

Budsjettforslag 2025

Post 70 Uføretrygd, overslagsløyving

For 2025 er det lagt til grunn eit gjennomsnittleg antal mottakarar av uføretrygd på 374 649 og ei gjennomsnittleg årleg utbetaling per mottakar på 353 970 kroner.

Utgiftsanslaget for 2025 inkluderer anslått effekt av trygdeoppgjeret i 2024 og 2025. Som følge av dette aukar utgiftsanslaget på posten med 5 698 mill. kroner.

Frå 2024 blir barnetillegg ytt uavhengig av inntekta til barnet eller mottak av barnepensjon. Heilårseffekten av endringa inntreffer i 2025 og er anslått til om lag 10 mill. kroner.

Som følge av meir fleksible reglar for uføre som kjem tilbake i arbeid (reglar om arbeidsforsøk), jf. omtale av oppmodingsvedtak nr. 533 (2022–2023) over, aukar budsjettforslaget med 7,5 mill. kroner.

For 2025 er det foreslått ei løyving på 132 617,5 mill. kroner.

Post 75 Meinerstatning ved yrkesskade, overslagsløyving

Posten dekker utgifter til meinerstatning ved yrkesskade etter folketrygdlova § 13-17. Meinerstatning ved yrkesskade skal gi kompensasjon for ulemper av ikkje-økonomisk art som følge av yrkesskade som er godkjend etter folketrygdlova. Meinerstatninga blir utmålt etter grada av medisinsk invaliditet.

Utgiftsanslaget for 2025 inkluderer anslått effekt av trygdeoppgjeret i 2024 og 2025. Som følge av dette aukar utgiftsanslaget på posten med 3 mill. kroner.

For 2025 er det foreslått ei løyving på 68 mill. kroner.

Post 76 Yrkesskadetrygd gml. lovgiving, overslagsløyving

Posten dekker utgifter til uførepensjon for yrkesskadar som inntrefte før 1971. Yrkesskadetrygda har avtakande betydning som følge av at ho berre omfattar skadar inntrefte før 1971 og melde før 1. januar 1990. Utgiftene for denne posten fell derfor marginalt frå år til år.

Utgiftsanslaget for 2025 inkluderer anslått effekt av trygdeoppgjeret i 2024 og 2025. Som følge av dette aukar utgiftsanslaget på posten med 1 mill. kroner.

For 2025 er det foreslått ei løyving på 30 mill. kroner.

Programkategori 29.60 Kompensasjon for meirutgifter ved nedsett funksjonsevne m.m.

Utgifter under programkategori 29.60 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2023

Saldert budsjett 2024

Forslag 2025

Endring i pst.

2661

Grunn- og hjelpestønad, hjelpemiddel m.m.

12 666 271

13 104 950

14 992 705

14,4

Sum kategori 29.60

12 666 271

13 104 950

14 992 705

14,4

Utgifter under programkategori 29.60 fordelte på postgrupper

(i 1 000 kr)

Post-gr.

Nemning

Rekneskap 2023

Saldert budsjett 2024

Forslag 2025

Endring i pst.

50–89

Overføringar til andre

12 666 271

13 104 950

14 992 705

14,4

Sum kategori 29.60

12 666 271

13 104 950

14 992 705

14,4

Kap. 2661 Grunn- og hjelpestønad, hjelpemiddel m.m.

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2023

Saldert budsjett 2024

Forslag 2025

70

Grunnstønad, overslagsløyving

1 663 471

1 770 000

1 852 700

71

Hjelpestønad, overslagsløyving

1 955 654

2 150 000

2 522 000

72

Stønad til servicehund

7 228

9 905

10 280

73

Hjelpemiddel m.m. under arbeid og utdanning

131 961

122 100

139 240

74

Tilskot til bilar

926 418

815 000

809 700

75

Betring av funksjonsevna, hjelpemiddel

4 373 944

4 425 000

5 148 100

76

Betring av funksjonsevna, hjelpemiddel som tenester

394 450

417 400

490 760

77

Ortopediske hjelpemiddel

2 256 336

2 370 600

2 874 800

78

Høyreapparat

900 748

965 000

1 082 900

79

Aktivitetshjelpemiddel til personar over 26 år

56 061

59 945

62 225

Sum kap. 2661

12 666 271

13 104 950

14 992 705

Hovudtrekk ved regelverket og foreslåtte endringar

Kapittelet omfattar grunnstønad og hjelpestønad etter folketrygdlova kapittel 6 og hjelpemiddel etter folketrygdlova kapittel 10.

Grunn- og hjelpestønad

Grunn- og hjelpestønad skal gi økonomisk kompensasjon til personar som på grunn av varig sjukdom, skade eller lyte har visse ekstrautgifter, eller som treng særskilt tilsyn og pleie.

Grunnstønad blir gitt til bestemte formål, herunder drift av tekniske hjelpemiddel, transport (irekna drift av bil), klesslitasje, hald av førarhund og servicehund og fordyra kosthald ved diett. Stønaden blir gitt etter seks satsar. Den lågaste satsen er 9 024 kroner, og den høgaste satsen er 44 928 kroner i året per 1. januar 2024.

Hjelpestønad kan givast til den som har særskilt behov for tilsyn og pleie på grunn av varig sjukdom, skade eller lyte. Stønaden blir berre gitt dersom det ligg føre eit privat pleieforhold. Ordinær hjelpestønad er 16 152 kroner i året per 1. januar 2024. Forhøgd hjelpestønad, som kan ytast til barn og unge under 18 år med særskilt behov for tilsyn og pleie, er to, fire eller seks gonger ordinær hjelpestønad. Den høgaste satsen er 96 912 kroner i året per 1. januar 2024.

Blir det gitt grunn- og hjelpestønad til barn, er det vanlegvis foreldra som disponerer stønaden som verje for barnet. Hjelpestønad er ei skattefri kontantyting som kan nyttast til å kjøpe hjelp.

Stortinget vedtar satsane for grunn- og hjelpestønad i eige romartalsvedtak. Forslag til satsar for 2025 går fram av budsjettforslaget for 2025.

Hjelpemiddel

Hjelpemiddel frå folketrygda kompenserer for utgifter til betring av arbeidsevna og funksjonsevna i dagleglivet for personar som har varig sjukdom, skade eller lyte. Det blir gitt stønad til tiltak som er nødvendige og tenlege for at personane skal bli i stand til å skaffe seg eller behalde arbeid, for å betre funksjonsevna deira i dagleglivet eller for at dei skal kunne pleiast i heimen.

Stønad kan givast i form av utlån av, tilskot til eller lån til hjelpemiddel, høyreapparat, grunnmønster til saum av klede, førarhund, lese- og sekretærhjelp for blinde og svaksynte, tolkehjelp for døve og personar med nedsett høyrsel, tolke- og ledsagar for døvblinde, motorkøyretøy eller anna transportmiddel, ortopediske hjelpemiddel, brystprotesar, ansiktsdefektprotesar, augeprotesar, parykkar, briller til barn m.m. Det kan også givast stønad til å bygge om maskiner og til å legge til rette det fysiske miljøet på arbeidsplassen, og tilskot til opplæringstiltak.

Ny modell for kjøp av tolketenester frå frilanstolkar

Vi viser til omtale av saka under mål 8 Inkludering i samfunnet og gode levekår for dei mest vanskelegstilte. Tolketenesta ved NAV Hjelpemiddel og tilrettelegging bruker både fast tilsette tolkar og frilanstolkar. Frilanstolkane løyser om lag halvparten av tolkeoppdraga. Arbeids- og velferdsdirektoratet har på sjølvstendig og generelt grunnlag komme fram til at det er behov for å sjå på andre modellar for kjøp av tolketenester frå frilans teiknspråktolkar. Direktoratet har vurdert at éin rammeavtale med ein eller fleire underleverandørar er den einaste formålstenlege modellen. Det er ein slik modell talespråktolkane i Arbeids- og velferdsetaten har i dag.

Omlegging til ny modell vil medføre fleire endringar i tolketenesta. Det vil oppstå eit nytt ledd i formidlingstenesta med ein eller fleire underleverandørar. Frilanstolkane vil ikkje lenger vere avtalepart mot Arbeids- og velferdsetaten, men forhalde seg til ein eller fleire leverandørar for tildeling av oppdrag. Arbeidet vil inkludere arbeids- og lønnsvilkåra for frilanstolkane. Ved innføring av rammeavtale(r) vil det noverande honorarsystemet for frilanstolkar derfor falle bort.

Brukarane vil framleis rette seg til NAV Tolketeneste for å melde inn oppdrag. Tolketenesta vil vurdere om oppdraga skal dekkast av ein fast tilsett eller ein frilanstolk. Ein rammeavtale vil dermed ikkje medføre noka endring i korleis brukarane bestiller tolketenester frå etaten. Ny modell vil mest sannsynleg kunne tre i kraft frå sommaren/hausten 2025.

Omlegginga vil medføre økonomiske meirutgifter. Den nye modellen for kjøp av tolketenester vil bli finansiert under kap. 2661, post 73 og 76. Administrative utgifter vil bli finansiert under kap. 605, post 01. Vi viser til nærmare omtale under dei aktuelle postane.

Rapport

Grunn- og hjelpestønad

Utgiftene til grunnstønad i 2023 var 1 663 mill. kroner, mot 1 567 mill. kroner i 2022. Utgiftene til hjelpestønad var 1 956 mill. kroner i 2023, mot 1 739 mill. kroner i 2022. I løpet av 2023 fekk i alt 8 222 nye personar innvilga grunnstønad, mens 8 316 nye personar fekk innvilga hjelpestønad.

Tabellane nedanfor viser talet på mottakarar av grunn- og hjelpestønad etter alder og sats per 31. desember 2023. Ved utgangen av 2023 fekk til saman 135 443 personar grunnstønad og 70 113 personar hjelpestønad. Talet på mottakarar var i sum 5,4 pst. høgare enn i 2022.

Utgiftsutvikling for grunn- og hjelpestønad i perioden 2021–2023 (mill. kroner)

2021

2022

2023

Grunnstønad

1 560

1 567

1 663

Hjelpestønad

1 662

1 739

1 956

Talet på grunnstønadsmottakarar etter alder og sats per 31. desember 2023

Alder

I alt

0–17 år

18–66 år

67 år og eldre

Tal i alt

135 443

26 360

76 053

33 030

Sats 1

83 213

17 070

44 824

21 319

Sats 2

23 951

7 782

13 546

2 623

Sats 3

15 295

781

8 464

6 050

Sats 4

10 155

600

7 148

2 407

Sats 5

1 897

92

1 360

445

Sats 6

932

35

711

186

61,4 pst. av grunnstønadsmottakarane fekk sats 1 ved utgangen av 2023. 19,5 pst. av mottakarane var under 18 år.

52,8 pst. av hjelpestønadsmottakarane fekk sats 1 ved utgangen av 2023. Det er barn og ungdom i alderen 0–17 år som får hjelpestønad etter sats 2–4.

Talet på hjelpestønadsmottakarar etter alder og sats per 31. desember 2023

Alder

I alt

0–17 år

18–66 år

67 år og eldre

Tal i alt

70 113

37 895

25 742

6 476

Sats 1

37 027

5 065

25 501

6 461

Sats 2

23 245

23 131

99

15

Sats 3

8 245

8 199

46

-

Sats 4

1 596

1 500

96

-

Stønad til servicehund

Utgiftene på denne posten var 7,2 mill. kroner i 2023. Det blei utlevert 14 servicehundar i 2023.

Hjelpemiddel m.m. under arbeid og utdanning

Utgiftene på denne posten var 132,1 mill. kroner i 2023, mot 119,2 mill. kroner i 2022.

Dette er ein samansett post med fleire typar ytingar. Talet på søknader om tilrettelegging på arbeidsplassen var i 2023 stabilt i forhold til 2022, mens utgiftene auka med 37 pst. I hovudsak blir stønaden til dette formålet gitt i form av lån og tilskot.

Utgifter til tolkehjelp for personar med nedsett høyrsel i arbeid og i utdanning, utført av frilanstolkar, auka med 7,9 pst. frå 2022 til 2023. Generelt er det eit aukande behov for tolking, bl.a. fordi fleire unge med nedsett høyrsel tar høgare utdanning. Det har også vore satsa meir på tolking i arbeidslivet gjennom ordninga med tolk på arbeidsplass, som blei landsomfattande frå 2015.

Utgiftsutviklinga for dei enkelte stønadene i perioden 2021–2023 (mill. kroner)

2021

2022

2023

I alt

109,5

119,2

132,1

Lån og tilskot til tilrettelegging til arbeid

9,8

11,4

15,6

Tolkehjelp til personar med nedsett høyrsel1

83,3

88,7

95,7

Tolkehjelp døvblinde2

3,4

6,6

6,3

Lese- og sekretærhjelp

13,0

12,5

14,5

1, 2 Utgiftene til tolkehjelp i tabellen gjeld berre utgifter til frilanstolkar. I tillegg kjem driftsutgifter til fast tilsette tolkar under kap. 605, post 01.

Tilskot til bilar

Det kan givast økonomisk tilskot til ordinære bilar (gruppe 1) til arbeid og utdanning eller rente- og avdragsfrie lån til spesialtilpassa bilar (gruppe 2).

Utgiftene til bilstønad var 925 mill. kroner i 2023, mot 714 mill. kroner i 2022. Endringa inneber ein auke på 29,5 pst. Leveringsproblema som oppstod hausten 2021, løyste seg frå hausten 2022. Som følge av forseinka leveransar auka utgiftene mot slutten av 2022 og i 2023.

Talet på søknader om stønad til bil i gruppe 1 auka frå 2022 til 2023. Talet på søknader om stønad til bil i gruppe 2, og talet på innvilga søknader om stønad til bil i gruppe 2, auka også betydeleg frå 2022 til 2023, etter noko nedgang året før.

Utgiftsutviklinga innanfordei enkelte stønadene på bilområdet, heile året i perioden 2021–2023 (mill. kroner)

2021

2022

2023

I alt

642,9

714,4

925,3

Kjøp av bil gruppe 1

9,4

10,2

10,5

Kjøp av bil gruppe 2

349,0

456,2

551,5

Utstyr, ombygging, køyreopplæring

280,4

249,5

366,0

Innbetaling gjeldsoppgjer, m.m.

-2,0

-1,6

-2,7

Innbetalingane ved gjeldsoppgjer er i hovudsak flytta over til kap. 5701, post 88.

Betring av funksjonsevna, hjelpemiddel

Utgiftene på denne posten var 4 375 mill. kroner i 2023. Det er ein auke på 20,3 pst. frå 2022, da utgiftene var 3 636 mill. kroner. Dei største hovudgruppene i 2023 var hjelpemiddel til hushald og bustad (1 083 mill. kroner), kommunikasjons- og datahjelpemiddel (915 mill. kroner) og elektrisk rullestol (884 mill. kroner).

I 2023 var det 170 981 brukarar som fekk eitt eller fleire utlån gjennom hjelpemiddelsentralane. Dette var ein auke på 5 pst. frå 2022. Det var i tillegg 16 168 brukarar som fekk service på hjelpemiddel, og 17 279 brukarar som fekk råd, rettleiing m.m. Om lag 17 pst. av alle registrerte hjelpemiddelbrukarar er barn og unge under 18 år. Andelen i yrkesaktiv alder er om lag 24 pst., mens rundt 59 pst. av brukarane er personar over 67 år. Kommunane satsar i stor grad på heimebasert omsorg i eigne bustader framfor institusjonar, noko som bidrar til eit større behov for utlån av hjelpemiddel.

Betring av funksjonsevna, hjelpemiddel som tenester

Dette er ein samansett post med fleire typar ytingar. Utgiftene på posten var 394,4 mill. kroner i 2023, noko som innebar ein auke på 16,6 pst. frå 2022. Det meste av utgiftene er knytte til tilpassingskurs og anna opplæring, reise og opphald i samanheng med utprøving av ulike hjelpemiddel, tolkehjelp til personar med nedsett høyrsel og døve, tolke- og ledsagar for døvblinde, og førarhundar. Dei samla utgiftene til tolkehjelp til personar med nedsett høyrsel og døvblinde, utført av frilanstolkar, i arbeid og i dagleglivet, gjekk opp frå om lag 166 mill. kroner i 2022, til om lag 197 mill. kroner i 2023.

Ortopediske hjelpemiddel

Utgiftene til ortopediske hjelpemiddel var 2 256 mill. kroner i 2023. Det var ein auke på 13,1 pst. frå 2022. Dei største produktgruppene det blei gitt støtte til i 2023, var ortosar og fotsenger (915 mill. kroner), protesar (585 mill. kroner) og fottøy (613 mill. kroner).

Høyreapparat og tinnitusmaskerarar

Dei samla utgiftene på posten var 901 mill. kroner i 2023. Det var ein auke på 9,1 pst. frå 2022.

Det kom inn 67 482 søknader om stønad til høyreapparat i 2023. Det var ein auke på 9,7 pst. frå 2022. For tinnitusmaskerarar kom det inn 3 199 søknader, som var ein auke på 8,1 pst. frå 2022. Reparasjonar auka med 63 pst. frå 2022 til 2023.

Aktivitetshjelpemiddel til personar over 26 år

Det blei kjøpt inn hjelpemiddel i ordninga for 56,7 mill. kroner i 2023. Kjøp av tenester utgjorde 1,7 mill. kroner, og det blei innbetalt eigenandelar på om lag 2,3 mill. kroner. I første halvåret 2024 var dei rekneskapsførte utgiftene til aktivitetshjelpemiddel for personar over 26 år 38,2 mill. kroner. Det blei innbetalt eigenandelar på om lag 3,3 mill. kroner.

Budsjettforslag 2025

Post 70 Grunnstønad, overslagsløyving

Det er lagt til grunn eit gjennomsnittleg antal på grunnstønadsmottakarar på 137 800 for 2024, og 141 930 for 2025. For 2025 er det foreslått ei nominell vidareføring av satsane frå 2024. Desse satsane er foreslått frå 1. januar 2025:

  • Sats 1: 9 024 kroner

  • Sats 2: 13 752 kroner

  • Sats 3: 18 024 kroner

  • Sats 4: 26 544 kroner

  • Sats 5: 35 964 kroner

  • Sats 6: 44 928 kroner

For 2025 er det foreslått ei løyving på 1 852,7 mill. kroner.

Post 71 Hjelpestønad, overslagsløyving

Det er lagt til grunn eit gjennomsnittleg antal hjelpestønadsmottakarar på 73 100 for 2024 og 78 220 for 2025. For 2025 er det foreslått ei nominell vidareføring av satsane frå 2024. Desse satsane er foreslått frå 1. januar 2025:

  • Sats 1: 16 152 kroner

  • Sats 2: 32 304 kroner

  • Sats 3: 64 608 kroner

  • Sats 4: 96 912 kroner

For 2025 er det foreslått ei løyving på 2 522 mill. kroner.

Post 72 Stønad til servicehund

Posten er rammestyrt. For 2025 er det lagt til grunn ein prisauke på 3,8 pst.

For 2025 er det foreslått ei løyving på 10,3 mill. kroner.

Post 73 Hjelpemiddel m.m. under arbeid og utdanning

For 2024 er det lagt til grunn ein flat volumvekst og ein prisauke på 4,8 pst. For 2025 er det lagt til grunn ein negativ volumvekst på 12 pst. Bakgrunnen er ein eingongs utbetaling av feriepengar til frilanstolkar i 2024. Det er lagt til grunn ein prisauke på 4,1 pst. i 2025.

Regjeringa foreslår å auke løyvinga på posten med 16,2 mill. kroner for å dekke meirutgifter knytte til innføring av ny modell for kjøp av tolketenester frå frilanstolkar. Ettersom ny modell mest sannsynleg vil tre i kraft i løpet av 2025, er det lagt til grunn ein halvårseffekt. Sjå også omtale under post 76

For 2025 er det foreslått ei løyving på 139,2 mill. kroner.

Post 74 Tilskot til bilar

For 2024 er det lagt til grunn ein negativ volumvekst på 18 pst. og ein prisauke på 3,7 pst. For 2025 er det lagt til grunn ein flat volumvekst. Det er lagt til grunn at tilskot for stønad til bil gruppe 1 vidareførast nominelt frå 2024 til 2025. For stønad til bil gruppe 2 er det lagt til grunn ein prisauke på 3,0 pst.

For 2025 er det foreslått ei løyving på 809,7 mill. kroner.

Post 75 Betring av funksjonsevna, hjelpemiddel

Det er lagt til grunn ein volumvekst på 4 pst. og ein prisauke på 3,7 pst. i 2024. For 2025 er det lagt til grunn ein volumvekst på 4 pst. Det er lagt til grunn at tilskotsatsane under denne posten vidareførast nominelt frå 2024 til 2025. For andre stønader er det lagt til grunn ein prisauke på 3,0 pst.

Det er vidare lagt til grunn ei innsparing som følge av at Arbeids- og velferdsetaten sin driftsløyving er auka med 50 mill. kroner for å oppretthalde dagens gjenbruksandel på hjelpemidlar. Sjå omtale under kap. 605, post 01.

For 2025 er det foreslått ei løyving på 5 148,1 mill. kroner.

Post 76 Betring av funksjonsevna, hjelpemiddel som tenester

Det er lagt til grunn ein volumvekst på 5 pst. og ein prisauke på 4,8 pst. i 2024. For 2025 er det lagt til grunn ein volumvekst på 5 pst. og ein prisauke på 4,1 pst.

Regjeringa foreslår å auke løyvinga på posten med 20,8 mill. kroner for å dekke meirutgifter knytte til innføring av ny modell for kjøp av tolketenester frå frilanstolkar. Ettersom ny modell mest sannsynleg vil tre i kraft i løpet av 2025, er det lagt til grunn ein halvårseffekt. Sjå også omtale under post 73.

For 2025 er det foreslått ei løyving på 490,8 mill. kroner.

Post 77 Ortopediske hjelpemiddel

Det er lagt til grunn ein volumvekst på 11 pst. og ein prisauke på 3,7 pst. i 2024. For 2025 er det lagt til grunn ein volumvekst på 8 pst. Det er lagt til grunn at tilkskotsatsane under denne posten vidareførast nominelt frå 2024 til 2025. For andre stønader er det lagt til grunn ein prisauke på 3,0 pst.

For 2025 er det foreslått ei løyving på 2 874,8 mill. kroner.

Post 78 Høyreapparat

Det er lagt til grunn ein volumvekst på 8 pst. og ein prisauke på 3,7 pst. i 2024. For 2025 er det lagt til grunn ein volumvekst på 6 pst. Det er lagt til grunn at maksimal prisgrense for analoge høyreapparat utan propp, analoge høyreapparat med propp, digitale høyreapparat og tinnitusmaskerar vidareførast nominelt frå 2024 til 2025. For andre stønader er det lagt til grunn ein prisauke på 3,0 pst.

For 2025 er det foreslått ei løyving på 1 082,9 mill. kroner.

Post 79 Aktivitetshjelpemiddel til personar over 26 år

Posten er rammestyrt. For 2025 er det lagt til grunn ein prisauke på 3,8 pst.

For 2025 er det foreslått ei løyving på 62,2 mill. kroner.

Programkategori 29.70 Alderdom

Utgifter under programkategori 29.70 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2023

Saldert budsjett 2024

Forslag 2025

Endring i pst.

2670

Alderdom

296 880 953

316 740 000

335 593 000

6,0

Sum kategori 29.70

296 880 953

316 740 000

335 593 000

6,0

Utgifter under programkategori 29.70 fordelte på postgrupper

(i 1 000 kr)

Post-gr.

Nemning

Rekneskap 2023

Saldert budsjett 2024

Forslag 2025

Endring i pst.

50–89

Overføringar til andre

296 880 953

316 740 000

335 593 000

6,0

Sum kategori 29.70

296 880 953

316 740 000

335 593 000

6,0

Kap. 2670 Alderdom

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2023

Saldert budsjett 2024

Forslag 2025

70

Grunnpensjon, overslagsløyving

90 381 615

94 080 000

95 980 000

71

Tilleggspensjon, overslagsløyving

182 173 110

189 940 000

194 460 000

72

Inntektspensjon, overslagsløyving

16 510 475

24 480 000

34 790 000

73

Særtillegg, pensjonstillegg m.m., overslagsløyving

7 815 753

8 240 000

10 363 000

Sum kap. 2670

296 880 953

316 740 000

335 593 000

Allmenn omtale

Formålet med alderspensjon frå folketrygda er å sikre inntekt for personar i alderdommen og å legge til rette for ein fleksibel og gradvis overgang frå arbeid til pensjon. Folketrygda gir både ei minstesikring for dei som har hatt låg eller inga arbeidsinntekt, og ei standardsikring som er knytt til tidlegare arbeidsinntekt.

Alderspensjonen kan frå 2011 takast ut fleksibelt mellom 62 og 75 år, og det årlege pensjonsnivået blir høgare jo seinare ein vel å ta ut pensjonen – noko som gir gode insentiv til arbeid. Alderspensjonen blir levealdersjustert, og han har frå 2011 og fram til 2020 blitt regulert med lønnsvekst fråtrekt 0,75 pst. Særreglar for reguleringa i 2021 førte til at alderspensjon blei regulert med lønnsvekst. Frå 2022 blir løpande pensjon regulert med gjennomsnittet av lønns- og prisveksten.

For personar fødde frå og med 1954 er det innført nye oppteningsreglar som medfører at alle år med pensjonsgivande inntekt mellom 13 og 75 år gir pensjonsopptening. For åra før 2010 er den nedre og øvre aldersgrensa for pensjonsgivande inntekt 17 og 69 år. Personar som er fødde i 1954–1962, får ein forholdsmessig andel av alderspensjonen sin berekna etter dei nye reglane, mens personar som er fødde i 1963 og seinare, får heile pensjonen sin berekna etter dei nye reglane.

Hovudtrekk ved regelverket og forslag til endringar

Alderspensjon etter gammal oppteningsmodell gjeld fullt ut for dei som er fødde i 1953 og tidlegare. Alderspensjonen består av ulike komponentar. Grunnpensjonen blir fastsett uavhengig av tidlegare inntekt, mens tilleggspensjon i hovudsak blir berekna på bakgrunn av den pensjonsgivande inntekta kvar enkelt har hatt som yrkesaktiv. For å få rett til grunnpensjon må ein ha minst fem års trygdetid. Full grunnpensjon oppnår ein når ein etter fylte 16 år har 40 års trygdetid. Oppteningstida for full tilleggspensjon er også 40 år.

Til og med 2010 blei det gitt særtillegg til personar som ikkje hadde tilleggspensjon, eller som hadde tilleggspensjon som var lågare enn særtillegget. Formålet med særtillegget var å sikre alle eit minstenivå på pensjonen, uavhengig av tidlegare opptening. Særtillegget blei erstatta av eit pensjonstillegg til nye alderspensjonistar frå 1. januar 2011. Minste pensjonsnivå skal sikre eit akseptabelt inntektsnivå for personar utan eller med låg tidlegare inntekt. For å få rett til eit minste pensjonsnivå må ein ha minst fem års trygdetid. Fullt minste pensjonsnivå oppnår ein når ein etter fylte 16 år har 40 års trygdetid.

Alderspensjon består etter dei nye reglane av inntektspensjon, i hovudsak berekna ut frå tidlegare inntekt. Til personar som har opparbeidd liten eller ingen rett til inntektspensjon, blir det ytt ein garantipensjon.

I inntektspensjonen blir all pensjonsgivande inntekt frå 13 til 75 år rekna med i pensjonsoppteninga. For kvart år med pensjonsopptening blir det akkumulert ei pensjonsbehaldning. Den årlege pensjonsoppteninga svarer til 18,1 pst. av den pensjonsgivande inntekta. Inntekter opp til eit nivå tilsvarande 7,1 G blir rekna med. Den årlege pensjonen til en person blir fastsett på bakgrunn av pensjonsbehaldninga på uttakstidspunktet. Pensjonsbehaldninga blir da gjord om til ein årleg pensjon ved at ho blir dividert med delingstalet til personen, som speglar forventa attståande levetid på uttakstidspunktet.

Personar med inga eller låg opptening av inntektspensjon har rett til garantipensjon dersom den samla trygdetida er minst fem år i tidsrommet frå fylte 16 år til og med 66 år. Garantipensjon blir gitt med to satsar avhengig av sivilstand og inntektsforholdet til ektefelle eller sambuar. Full garantipensjon blir ytt til den som har minst 40 års trygdetid. Dersom trygdetida er kortare, blir garantipensjonen tilsvarande lågare. Garantipensjonen blir avkorta med 80 pst. av inntektspensjonen, slik at dei som har opptent noko inntektspensjon, får utbetalt ein samla pensjon som er høgare enn minstegarantien.

I tråd med pensjonsavtalen som blei inngått i samanheng med stortingsbehandlinga av Meld. St. 6 (2023–2024) Et forbedret pensjonssystem med en styrket sosial profil, foreslår regjeringa å utvide skjermingstillegget i alderspensjon til tidlegare mottakarar av uføretrygd til også å omfatte årskulla 1954–1962. Forslaget inneber at uføre alderspensjonistar i dei aktuelle årskulla får eit tillegg i alderspensjon opptent etter gammal oppteningsmodell med same sats som årskullet 1953. Som følgje av forslaget aukar anslaget under kap. 2670, post 73, med 393 mill. kroner. Sjå også omtale under punkt 6.7.3 Igangverande prosessar på pensjonsområdet.

Rapport

Utviklinga i utgifter til alderspensjon

Frå 1. januar 2011 blei det mogleg å ta ut alderspensjon fleksibelt mellom 62 og 75 år. Det gjennomsnittlege talet på mottakarar av alderspensjon under 67 år utgjorde 24 700 i 2011. Talet auka kvart år fram til 2018, men med avtakande vekst. I 2023 var det i gjennomsnitt 83 500 mottakarar av alderspensjon under 67 år, ein nedgang frå året før på 2 300.

Auken i talet på mottakarar av alderspensjon under 67 år har bidratt til ein stor auke i utgiftene folketrygda har til alderspensjon. Dei nøytrale uttaksreglane gjer likevel at veksten i utgiftene seinare blir lågare, og utgiftene på lang sikt er i mindre grad påverka av kor mange som tar ut alderspensjon tidleg.

Utviklinga i utgifter til alderspensjon

År

Nominelle kroner (mill. kroner)

Endring (mill. kroner)

Endring (pst.)

2023 kroner1 (mill. kroner)

Endring (mill. kroner)

Endring (pst.)

2021

256 906

15 652

6,5

285 176

7 117

2,6

2022

272 358

15 452

6,0

288 372

3 196

1,1

2023

296 881

24 523

9,0

296 881

8 509

3,0

1 Utgifter i 2023-kroner er deflaterte med gjennomsnittleg grunnbeløp 2023 = 116 239 kroner.

Frå 2022 til 2023 auka utgiftene til alderspensjon med 9,0 pst. Det gjennomsnittlege grunnbeløpet (G) auka med 5,9 pst., og rekna i fast grunnbeløp var veksten 3,0 pst. Veksten i utgiftene målt i fast grunnbeløp kjem av at det blei fleire pensjonsmottakarar som er 67 år og eldre, og av ei regulering som gav ein vekst i gjennomsnittleg alderspensjon som var sterkare enn veksten i grunnbeløpet. Utgiftene til alderspensjonistar under 67 år gjekk ned med 3,8 pst. i 2023, målt i realverdi (fast grunnbeløp), mens utgiftene til alderspensjonistar som er 67 år eller eldre, auka med 3,4 pst.

Utviklinga i talet på mottakarar av alderspensjon og minstepensjonistar

Talet på mottakarar av alderspensjon har auka dei siste åra. Frå 2021 til 2023 var auken på 38 000, tilsvarande 3,8 pst. Ved utgangen av 2023 fekk 1 039 500 personar alderspensjon frå folketrygda.

Minstepensjonistar utgjorde knapt 12,8 pst. av alle mottakarar av alderspensjon ved utgangen av 2023. Andelen gjekk ned med 0,4 prosentpoeng samanlikna med 2022.

Antal mottakarar av alderspensjon og minstepensjonistar og andel minstepensjonistar. Per 31. desember

År

Mottakarar av alderspensjon i alt

Minstepensjonistar

Andel minstepensjonistar1

I alt

Menn

Kvinner

2021

1 001 500

146 500

14,6

4,6

24,2

2022

1 018 200

134 500

13,2

4,2

22,8

2023

1 039 500

133 300

12,8

4,3

21,0

1 Andelen mannlege og kvinnelege minstepensjonistar er andelane av høvesvis alle mannlege og alle kvinnelege mottakarar av alderspensjon.

Det er framleis ein langt høgare andel kvinner enn menn med minstepensjon. Dette kjem av at kvinnene gjennomgåande har hatt ei svakare tilknyting til arbeidslivet og lågare inntekt enn mennene. Blant kvinnene som no tar ut alderspensjon, er det stadig fleire som har vore yrkesaktive. Andelen minstepensjonistar blant kvinner er derfor forventa å falle vidare i åra framover.

Utvikling i gjennomsnittleg pensjon1 og minstepensjon, 2023-kroner2

År

Alderspensjon

Minstepensjon

I alt

Menn

Kvinner

I alt

Menn

Kvinner

2021

287 700

317 200

259 500

189 200

153 200

195 500

2022

284 200

311 500

258 000

189 300

154 500

195 700

2023

287 900

313 700

263 100

194 700

161 600

201 100

1 Tala for gjennomsnittleg pensjon inkluderer ikkje etterbetalingar.

2 Beløpa er rekna om til 2023-kroner med utviklinga i konsumprisindeksen.

Gjennomsnittleg alderspensjon auka med 0,1 pst. i realverdi frå 2021 til 2023. Det var ein nedgang på 1,1 pst. for menn og ein auke med 1,4 pst. for kvinner. Gjennomsnittleg minstepensjon auka med 2,9 pst. i realverdi frå 2021 til 2023. Auken kan sjåast i samanheng med ein ekstraordinær auke i minste pensjonsnivå for einslege, med verknad frå 1. januar 2023.

Nye mottakarar av alderspensjon 62–66 år i 2023

Ein kan velje å ta ut full alderspensjon eller gradert pensjon med høvesvis 20, 40, 50, 60 eller 80 pst. uttaksgrad. Tabellen nedanfor viser at den gjennomsnittlege uttaksgrada blant dei som tok ut alderspensjon før 67 år i 2023, var på 79,1 pst., og at ho var høgare blant menn enn blant kvinner. Den gjennomsnittlege alderspensjonen for nye mottakarar av alderspensjon i alderen 62–66 år er på 199 000 kroner. Om vi korrigerer for uttaksgrad og bereknar gjennomsnittleg alderspensjon dersom alle tok ut full alderspensjon, ville denne vore på 250 100 kroner. Gjennomsnittleg pensjon er høgare for menn enn for kvinner som følge av at mennene har høgare opptening.

Nye mottakarar av alderspensjon 62–66 år i 2023. Gjennomsnittleg uttaksgrad, gjennomsnittleg alderspensjon og gjennomsnittleg alderspensjon korrigert for uttaksgrad

Tal

Gjennomsnittleg uttaksgrad

Gjennomsnittleg pensjon

Gjennomsnittleg pensjon korrigert for uttaksgrad

Kvinner

9 155

76,7

182 300

235 900

Menn

17 443

80,5

208 600

258 400

Totalt

26 598

79,1

199 500

250 700

Budsjettforslag 2025

Regulering av grunnbeløpet i folketrygda

Utgiftsanslaget for 2025 inkluderer anslått effekt av trygdeoppgjeret i 2024 og 2025. Vi viser til omtale under kvar enkelt post. Reguleringsreglane for løpande pensjon er lagde om frå 2022. Løpande pensjonar har frå 1. mai 2022 blitt regulerte med gjennomsnittet av lønns- og prisveksten.

Post 70 Grunnpensjon, overslagsløyving

Det er lagt til grunn at det i gjennomsnittleg vil vere 1 068 000 personar med grunnpensjon, og at gjennomsnittleg grunnpensjon vil utgjere 89 900 kroner.

Utgiftsanslaget for 2025 inkluderer anslått effekt av trygdeoppgjeret i 2024 og 2025. Som følge av dette aukar anslaget på post 70 med 3 430 mill. kroner.

For 2025 er det foreslått ei løyving på 95 980 mill. kroner.

Post 71 Tilleggspensjon, overslagsløyving

Det er lagt til grunn at det i gjennomsnitt vil vere 1 048 700 personar med tilleggspensjon, og at gjennomsnittleg tilleggspensjon vil utgjere 185 400 kroner.

Utgiftsanslaget for 2025 inkluderer anslått effekt av trygdeoppgjeret i 2024 og 2025. Som følge av dette aukar anslaget på post 71 med 6 960 mill. kroner.

For 2025 er det foreslått ei løyving på 194 460 mill. kroner.

Post 72 Inntektspensjon, overslagsløyving

Det er lagt til grunn at det i gjennomsnitt vil vere 341 900 personar med inntektspensjon, og at gjennomsnittleg inntektspensjon vil utgjere 101 800 kroner.

Utgiftsanslaget for 2025 inkluderer anslått effekt av trygdeoppgjeret i 2024 og 2025. Som følge av dette aukar anslaget på post 72 med 1 240 mill. kroner.

For 2025 er det foreslått ei løyving på 34 790 mill. kroner.

Post 73 Særtillegg, pensjonstillegg m.m., overslagsløyving

Posten dekker fleire tillegg til alderspensjon: særtillegg, pensjonstillegg, minstenivåtillegg, garantipensjon og skjermingstillegg. Om lag 60 pst. av løyvinga for 2025 gjeld særtillegg og pensjonstillegg. Det er lagt til grunn at det i gjennomsnitt vil vere 150 800 personar med særtillegg eller pensjonstillegg i 2025, og at gjennomsnittleg særtillegg/pensjonstillegg vil utgjere 39 400 kroner.

Utgiftsanslaget for 2025 inkluderer anslått effekt av trygdeoppgjeret i 2024 og 2025. Som følge av dette aukar anslaget på post 73 med 360 mill. kroner.

Som følgje av forslaget om å utvide skjermingstillegget til også å omfatte årskulla 1954–1962, aukar anslaget på post 73 med 393 mill. kroner.

For 2025 er det foreslått ei løyving på 10 363 mill. kroner.

Programkategori 29.80 Forsørgartap m.m.

Utgifter under programkategori 29.80 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2023

Saldert budsjett 2024

Forslag 2025

Endring i pst.

2680

Etterlatne

2 127 010

3 328 600

3 392 700

1,9

2686

Stønad ved gravferd

291 938

315 000

325 000

3,2

Sum kategori 29.80

2 418 948

3 643 600

3 717 700

2,0

Utgifter under programkategori 29.80 fordelte på postgrupper

(i 1 000 kr)

Post-gr.

Nemning

Rekneskap 2023

Saldert budsjett 2024

Forslag 2025

Endring i pst.

50–89

Overføringar til andre

2 418 948

3 643 600

3 717 700

2,0

Sum kategori 29.80

2 418 948

3 643 600

3 717 700

2,0

Programkategori 29.80 omfattar kapitla 2680 Etterlatne og 2686 Stønad ved gravferd.

Kap. 2680 Etterlatne omfattar i hovudsak pensjon og omstillingsstønad til attlevande ektefellar, tidlegare familiepleiarar og barn som har mista den eine eller begge foreldra. Attlevande ektefellar som er uføre, er behandla under kap. 2655 Uførleik, og attlevande over 67 år er behandla under kap. 2670 Alderdom.

Kap. 2680 Etterlatne

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2023

Saldert budsjett 2024

Forslag 2025

70

Omstillingsstønad m.m., overslagsløyving

1 183 165

1 730 000

1 700 000

71

Barnepensjon, overslagsløyving

852 123

1 596 000

1 690 000

72

Særtillegg, overslagsløyving

89 356

74

Tilleggsstønader og stønad til skolepengar, overslagsløyving

158

200

200

75

Stønad til barnetilsyn til attlevande i arbeid, overslagsløyving

2 208

2 400

2 500

Sum kap. 2680

2 127 010

3 328 600

3 392 700

Som følge av etterlatnereforma ble poststrukturen endra frå budsjettåret 2024. I tabellen er det behalde gammal poststruktur for 2023, der post 70 hadde nemninga «grunnpensjon» og post 71 hadde nemninga «tilleggspensjon».

Hovudtrekk ved regelverket

Formålet med ytingar til etterlatne er i en overgangsperiode å sikre inntekt til attlevande ektefelle og tidlegare familiepleiarar, og gje desse hjelp til sjølvhjelp, og sikre inntekt, til attlevande barn som har mista den eine eller begge foreldra.

Etter forslag frå Regjeringa Solberg i Prop. 13 L (2020–2021) har Stortinget vedtatt nye etterlatneytingar i folketrygda, jf. lovvedtak 39 (2020–2021) og Innst. 128 L (2020–2021). Lovforslaga bygde på tilrådingar frå eit offentleg utval som har greidd ut etterlatneytingane i folketrygda, jf. NOU 2017: 3 Folketrygdens ytelser til etterlatte – forslag til reform. Regelverket ble endra frå 2024.

Attlevande ektefelle

Ytingar til attlevande ektefelle under 67 år blir gitt etter føresegner i folketrygdlova kapittel 17. Som attlevande ektefelle reknar ein også registrerte partnarar og sambuarar som har vore gifte med kvarandre, eller som har eller har hatt felles barn. På nærmare bestemte vilkår kan det også givast yting til skild attlevande ektefelle. Det gis ein omstillingsstønad der full årleg yting utgjer 2,25 gonger grunnbeløpet. Denne stønaden blir redusert med 45 pst. av arbeidsinntekt som årleg overstig halvparten av grunnbeløpet. Stønaden skal også reduserast forholdsmessig dersom trygdetida er under 40 år. Omstillingsstønaden kan givast i inntil tre år etter dødsfallet, med moglegheit for å forlenge stønadsperioden med to år dersom personen er under nødvendig og tenleg utdanning eller har behov for tiltak for å komme i arbeid. Det vil som utgangspunkt gjelde eit krav om å vere i arbeid eller arbeidsretta aktivitet under stønadsperioden.

Omstillingsstønaden kan i nokon tilfelle mottakas fram til 67 år. Nokre av dei som har rett til ytingar etter dei gamle reglane kan også i nokon tilfelle få desse fram til 67 år. Dei som har rett til ytingar etter dei gamle reglane, kan få desse fram til inntil fem år etter ikraftsettinga av reformen. Dersom det framleis er rett til ytingar, dvs utover dei fem åra, vil dei få ytingane berekna etter dei nye reglane.

Etterlatnereforma inneber også at ordninga med å innvilge attlevandetillegg og attlevandefordelar til uføretrygd og alderspensjon frå folketrygda blir fasa ut. For alderspensjon skjer denne utfasinga ved at det blir gitt attlevanderettar opptente etter folketrygdlova kapittel 19, men at fordelen blir fryst nominelt og ikkje regulert årleg. For alderspensjon opptent etter kapittel 20 blir det gitt ingen tillegg til etterlatne. Attlevandetillegg til uføretrygda blir utfasa ved at det ikkje blir gitt tillegg til nye tilfelle av uføre attlevande etter at reforma er iverksett. Attlevandetillegg til uføretrygd innvilga før ikraftsettingstidspunktet blir vidareført, men ikkje regulert årleg.

Barnepensjon

Barnepensjon blir gitt til barn som har mista den eine av eller begge foreldra.

Barnepensjon gis etter faste satsar. Årleg pensjon utgjer eitt grunnbeløp for barnet dersom det har mista éin forelder, og 2,25 grunnbeløp for barnet dersom det har mista begge foreldra. Pensjonen skal reduserast forholdsmessig dersom den avdøde hadde mindre enn 40 års trygdetid. Barnepensjonen skal kunne givast inntil barnet fyller 20 år. Barnepensjonar som var under utbetaling når dei nye reglane tok til å gjelde, gis etter nye satsar dersom dette gir barnet ei høgare yting.

Rapport

Utgiftsutviklinga

Nytt regelverk frå 2024 har verknader for utbetalingane, i første rekke i form av ei auke i utbetalingane av barnepensjon. Tidsavgrensinga av ytinga til vaksne etterlatne vil over tid gje en reduksjon i utbetalingane. Rapporten over utgiftsutviklinga her gjeld åra 2021–2023 og er dermed ikkje påverka av dei nye reglane.

I nominelle beløp har utgiftene under kap. 2680 hatt ein samla auke på 5 pst. i perioden 2021–2023. I fast grunnbeløp har det vore ein nedgang i utgiftene på 5 pst. i løpet av den same perioden.

Nedgangen skriv seg frå at talet på attlevande ektefellar med pensjon har gått ned dei siste åra. Dødelegheita i aldersgruppene under 67 år er redusert, særleg blant menn, og det har dermed blitt færre attlevande ektefellar. Den aukande yrkesaktiviteten blant kvinner påverkar også utviklinga i talet på attlevande ektefellar som får utbetalt attlevandepensjon, da pensjonen blir avkorta mot inntekt og dermed fell heilt bort over visse inntektsnivå.

Attlevande ektefellar med pensjon per 31.12. og endring frå føregåande år. 2021–2023

År

Med grunnpensjon

Med særtillegg

Med tilleggspensjon

Tal på personar

Endring frå året før

Tal på personar

Endring frå året før

Tal på personar

Endring frå året før

2021

13 673

-210

4 196

19

13 373

-204

2022

13 579

-94

4 182

-14

13 279

-94

2023

13 441

-138

4 212

30

13 151

-128

Dei aller fleste attlevande ektefellar med pensjon er kvinner. I 2023 var andelen kvinner på 90 pst. Rundt 45 pst. av enkene og 17 pst. av enkemennene under 67 år fekk pensjon eller overgangsstønad ved utgangen av 2023.

Andelen attlevande ektefellar med frådrag i ytinga som følge av faktisk eller antatt inntekt har vore relativt stabil dei siste åra.

I 2023 hadde 84 pst. av alle attlevande ektefellar med pensjon/stønad reduksjon i ytinga som følge av faktisk eller antatt inntekt.

Tal på personar med avgang frå attlevandepensjon og tilstand etter avgang, 2023

Kjønn

Totalt tal

Alderspensjon/AFP

Uføretrygd

I arbeid1

Anna

Totalt

1 839

962

210

357

310

Kvinner

1 595

867

175

289

264

Menn

244

95

35

68

46

1 Registrert som arbeidstakar.

52 pst. av attlevande ektefellar med avgang frå attlevandepensjon har overgang til alderspensjon/AFP, mens 11 pst. har blitt uføretrygda. Vidare har 17 pst. mista pensjonen på grunn av ekteskapsinngåing, dødsfall eller andre grunnar.36

Dei attverande 19 pst. er i arbeid. Dette er i stor grad personar som også har vore i arbeid samtidig som dei har mottatt attlevandepensjon, og som no har fått høgare inntekt slik at heile pensjonen blir avkorta. Dei som sluttar å få attlevandepensjon, har i gjennomsnitt mottatt pensjon i underkant av ni år.

Barnepensjonistar per 31. desember. 2021–2023

2021

2022

2023

Endring 2021–2023 i pst.

Tal i alt

11 062

11 016

10 862

-1,8

Begge foreldre døde

141

145

145

2,8

Talet på barnepensjonistar utgjer 0,8 pst. av alle unge mellom 0 og 20 år. Det er om lag 1,4 barn per barnekull som framleis har éin forelder i live, og rundt 1,23 barn per barnekull blant foreldrelause.

Budsjettforslag 2025

Frå budsjettåret 2024 blei poststrukturen på kapittel 2680 endra i samsvar med endringane som følger av etterlatnereforma jf. omtale i avsnittet før «Hovudtrekk ved regelverket».

Post 70 Omstillingsstønad m.m., overslagsløyving

Posten omfattar omstillingsstønad og dessutan attlevandepensjon og tidlegare familiepleiar etter overgangsreglar.

Det er lagt til grunn eit gjennomsnittleg tal på mottakarar på om lag 12 900 med ei gjennomsnittleg yting på om lag 131 800 kroner.

Utgiftsanslaget for 2025 inkluderer anslått effekt av trygdeoppgjeret i 2024 og 2025. Som følge av dette aukar anslaget med 73 mill. kroner på post 70,

For 2025 er det foreslått ei løyving på 1 700 mill. kroner.

Post 71 Barnepensjon, overslagsløyving

Det er lagt til grunn eit gjennomsnittleg tal på mottakarar på om lag 13 900, med ei gjennomsnittleg yting på om lag 121 600 kroner.

Utgiftsanslaget for 2025 inkluderer anslått effekt av trygdeoppgjeret i 2024 og 2025. Som følge av dette aukar anslaget med 73 mill. kroner på post 71.

For 2025 er det foreslått ei løyving på 1 690 mill. kroner.

Post 74 Tilleggsstønader og stønad til skolepengar, overslagsløyving

Posten omfattar stønad til skolepengar og alle tilleggsstønadene, irekna stønad til barnetilsyn til attlevande ektefellar og tidlegare familiepleiarar i utdanning og arbeidssøking, etter dei same føresegnene som for einsleg mor eller far, jf. kap. 2620.

For 2025 er det foreslått ei løyving på 0,2 mill. kroner.

Post 75 Stønad til barnetilsyn til attlevande i arbeid, overslagsløyving

Stønad til barnetilsyn blir gitt til attlevande ektefellar i arbeid etter dei same føresegnene som for einsleg far eller mor, jf. kap. 2620.

For 2025 er det foreslått ei løyving på 2,5 mill. kroner.

Kap. 2686 Stønad ved gravferd

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2023

Saldert budsjett 2024

Forslag 2025

70

Stønad ved gravferd, overslagsløyving

291 938

315 000

325 000

Sum kap. 2686

291 938

315 000

325 000

Hovudtrekk ved regelverket

Formålet med stønad ved gravferd etter folketrygdlova kapittel syv er å kompensere for utgifter til gravferd. Når ein medlem i folketrygda døyr, kan det givast gravferdsstønad og stønad til båretransport. Det blir også ytt stønad til ektefellen til ein medlem og medlemmen sine barn under 18 år som ikkje sjølve er medlemmer i folketrygda, dersom desse oppheld seg i Noreg og blei forsørgde av medlemmen.

Gravferdsstønaden blir fastsett av Stortinget og utgjer frå 1. januar 2024 maksimalt 28 677 kroner. Stønaden er, med unntak for barn under 18 år, behovsprøvd.

Stønad til båretransport blir ytt for å dekke nødvendige utgifter til transport av båre dersom båra med den avdøde må transporterast lenger enn 20 km frå dødsstaden til nærmaste naturlege gravplass ved bustaden. Det blir gjort frådrag for ein eigenandel på ti pst. av gravferdsstønaden.

Ved dødsfall under opphald utanfor landet kan det i visse tilfelle ytast stønad etter særskilde reglar.

Rapport

Utgiftene til stønad ved gravferd i 2023 var på 291,9 mill. kroner. Av dette blei det utbetalt 222,0 mill. kroner til båretransport, 61,7 mill. kroner til behovsprøvd gravferdsstønad og 8,2 mill. kroner til gravferdsstønad ved dødfødt barn.

Behovsprøvd gravferdsstønad 2021–2023

År

Utgifter, mill. kroner

Tal på mottakarar

Mottakarar i pst. av talet på døde

Gjennomsnittleg beløp, kroner

Maksimal sats, kroner

2021

61,2

3 043

7,2

20 127

25 377

2022

64,1

2 994

6,5

21 397

26 011

2023

61,7

2 818

6,4

21 884

27 195

I 2023 fekk 2 818 personar behovsprøvd gravferdsstønad, mot 2 994 i 2022. Andelen dødsfall der det blei gitt behovsprøvd gravferdsstønad, var 6,4 pst. I tillegg blei det i 2023 utbetalt stønad til båretransport for 18 757 personar og i 472 saker med gravferdsstønad for dødfødde barn.

Budsjettforslag 2025

Post 70 Stønad ved gravferd, overslagsløyving

Det blir foreslått at satsen for den behovsprøvde gravferdsstønaden blir auka frå maksimalt 28 677 kroner til maksimalt 29 853 kroner frå 1. januar 2025.

Det lagt til grunn at gjennomsnitt at det vil vere 3 426 personar som får gravferdsstønad, og at det gjennomsnittlege beløpet per mottakar vil vere 22 899 kroner. For stønad til båretransport er det anslått at talet på mottakarar vil bli 19 306, med eit gjennomsnittleg stønadsbeløp per mottakar på 12 848 kroner.

For 2025 er det foreslått ei løyving på 325 mill. kroner.

Programkategori 29.90 Diverse inntekter

Inntekter under programkategori 29.90 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2023

Saldert budsjett 2024

Forslag 2025

Endring i pst.

5701

Diverse inntekter

2 246 992

2 297 334

2 397 569

4,4

Sum kategori 29.90

2 246 992

2 297 334

2 397 569

4,4

Inntekter under programkategori 29.90 fordelte på postgrupper

(i 1 000 kr)

Post-gr.

Nemning

Rekneskap 2023

Saldert budsjett 2024

Forslag 2025

Endring i pst.

50–89

Overføringar frå andre

2 246 992

2 297 334

2 397 569

4,4

Sum kategori 29.90

2 246 992

2 297 334

2 397 569

4,4

Kap. 5701 Diverse inntekter

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2023

Saldert budsjett 2024

Forslag 2025

71

Refusjon ved yrkesskade

744 399

764 000

768 500

80

Renter

2 035

1 000

1 000

86

Innkrevjing feilutbetalingar

1 390 315

1 432 000

1 492 000

87

Diverse inntekter

23 695

25 334

26 069

88

Hjelpemiddelsentralar m.m.

86 548

75 000

110 000

Sum kap. 5701

2 246 992

2 297 334

2 397 569

Budsjettforslag 2025

Post 71 Refusjon ved yrkesskade

Bakgrunn

Ein vesentleg del av utgiftene til folketrygda ved yrkesskade blir finansiert av arbeidsgivarar gjennom ei refusjonsordning knytt til den obligatoriske yrkesskadeforsikringa etter yrkesskadeforsikringslova. Ordninga er forankra i forskrift om trygderefusjon ved yrkesskade gitt i medhald av folketrygdlova § 23-8.

Refusjonsordninga bygger på ein forenkla modell der kapitaliserte uføreytingar blir medrekna fullt ut i berekningsgrunnlaget, mens andre trygdeytingar ikkje blir tatt med. Ordninga speglar forholdet mellom utgiftene til folketrygda og erstatningsutbetalingane, men tar ikkje sikte på å dekke dei faktiske trygdeutgiftene i dei enkelte yrkesskadetilfella. Forsikringsgivarane betalar 120 pst. av dei faktiske erstatningsutbetalingane under yrkesskadeforsikringslova. Refusjonssatsen har vore uendra sidan 1991, da ordninga blei innført. Refusjonssatsen blir behalden uendra på 120 pst. av erstatningsutbetalingane også i 2024. Av praktiske grunnar følger oppgjersåret kalenderåret, men forsikringsselskapa kan først ha oppgjeret ferdig berekna og utbetalt 1. mars i det etterfølgande året. Frå 1. januar fram til forfall 1. mars blir selskapa belasta renter i samsvar med dagslånsrenta i Noregs Bank.

Nærmare om utgiftene til folketrygda og refusjonsinntekter ved yrkesskade

Dei faktiske utgiftene til folketrygda ved yrkesskade er langt større enn beløpet som blir refundert. Det kjem av at mange stønadsartar, i hovudsak korttidsytingar som sjukepengar og utgifter til helsetenester, er haldne utanfor refusjonsordninga. Også enkelte persongrupper som høyrer inn under ansvaret til det offentlege, for eksempel skoleelevar, er haldne utanfor refusjonsordninga.

Tabellen nedanfor viser dei faktiske refusjonsinnbetalingane som folketrygda har fått frå forsikringsselskapa frå og med 2020 og til og med august 2024.

Refusjonsinnbetalingar frå forsikringsselskapa (mill. kroner, nominelle beløp)

År

2020

2021

2022

2023

2024

Inntekt

841

720,7

745,1

744,4

865,9

Inntektene på posten er vanskelege å føreseie. I budsjettforslaget er det lagt til grunn eit gjennomsnitt av inntektene for 2020–2023 og dei forventa inntektene for 2024.

For 2025 er det foreslått ei løyving på 768,5 mill. kroner.

Post 80 Renter

Posten består i hovudsak av morarenter på yrkesskadeforsikringskrav og andre krav der det blir ilagt forseinkingsrente.

For 2025 er det foreslått ei løyving på 1 mill. kroner.

Post 86 Innkrevjing feilutbetalingar

På posten blir det inntektsført tilbakebetaling av for mykje utbetalt til stønadsmottakarar, inkludert etteroppgjer av uføretrygd og AFP. I tillegg rekneskapsfører Helfo refusjon for feilutbetalte ytingar og renter på slike feilutbetalingar på denne posten. Tilbakebetalte feilutbetalingar av ventelønn blir også inntektsførte under posten.

For 2025 trekker ulike inntektstypar i ulik retning. Det er ikkje anslått inntekter i 2025 frå ekstrainnsatsen i 2023 hjå etterkontroll av koronarelaterte feilutbetalingar, noko det er for ekstrainnsatsen i 2024, og samla vil inntektene reduserast samanlikna med saldert budsjett for 2024. Det blir anslått at Helfo sitt arbeid med innkrevjing av feilutbetalingar vil gi auka inntekter i 2025. Posten blir samla foreslått auka med 60 mill. kroner.

For 2025 er det foreslått ei løyving på 1 492 mill. kroner.

Post 87 Diverse inntekter

Posten består i hovudsak av desse inntektene:

  • inntekter frå tolketenester på stønadsområdet

  • renteinntekter ved tilbakekrevjing av feilutbetalingar

  • gebyr og tvangsmulkt

For 2025 er det foreslått ei løyving på 26,1 mill. kroner.

Post 88 Hjelpemiddelsentralar m.m.

Posten omfattar i hovudsak inntekter frå sal av bilar og gjeldsoppgjer bilar. Regjeringa forslår å auke løyvinga med 35 mill. kroner. Auken kan knyttast til høgare volum, i hovudsak frå sal av bilar.

For 2025 er det foreslått ei løyving på 110 mill. kroner.

Programkategori 33.30 Arbeidsliv

Utgifter under programkategori 33.30 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2023

Saldert budsjett 2024

Forslag 2025

Endring i pst.

2541

Dagpengar

10 281 803

12 818 000

14 315 000

11,7

2542

Statsgaranti for lønnskrav ved konkurs m.m.

792 082

865 000

980 000

13,3

Sum kategori 33.30

11 073 885

13 683 000

15 295 000

11,8

Utgifter under programkategori 33.30 fordelte på postgrupper

(i 1 000 kr)

Post-gr.

Nemning

Rekneskap 2023

Saldert budsjett 2024

Forslag 2025

Endring i pst.

50–89

Overføringar til andre

11 073 885

13 683 000

15 295 000

11,8

Sum kategori 33.30

11 073 885

13 683 000

15 295 000

11,8

Kap. 2541 Dagpengar

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2023

Saldert budsjett 2024

Forslag 2025

70

Dagpengar, overslagsløyving

10 281 803

12 818 000

14 315 000

Sum kap. 2541

10 281 803

12 818 000

14 315 000

Hovudtrekk ved regelverket og foreslåtte endringar

Eit av formåla med dagpengeordninga er å kompensere for tap av arbeidsinntekt som følge av arbeidsløyse. Kor mykje dagpengar ein kan få, og kor lenge ein kan få det, avheng av tidlegare arbeidsinntekt.

Dagpengeordninga er eit fordelingspolitisk verkemiddel og inngår i det sosiale sikkerheitsnettet. Oppteningsprinsippet gir også insentiv til å opparbeide seg rett til dagpengar gjennom arbeid. Samtidig er ordninga utforma med sikte på å motivere til aktiv jobbsøking, bl.a. gjennom aktivitetskrav, mobilitetskrav og sanksjonar. Det gjer dagpengeordninga til eit viktig arbeidsmarknadspolitisk verkemiddel som skal bidra til at fleire kjem attende i arbeid.

Dagpengar kan givast til arbeidsledige og permitterte. Det er eit krav at arbeidstida er redusert med minst 50 pst., og at vilkåra elles er oppfylte. Mottakarane må bl.a. ha hatt ei minste tidlegare arbeidsinntekt og dei må vere disponible for all slags arbeid (reelle arbeidssøkarar). Regjeringa foreslår enkelte mindre endringar i dagpenge- og permitteringsregelverket i 2025.

Endringar i permitteringsregelverket i fiskeindustrien

Regjeringa vil gi langtidspermitterte i fiskeindustrien betre inntektssikring. Bedrifter i fiskeindustrien har ikkje lønnsplikt ved permitteringar. Det kan gjere at permitterte i denne næringa blir ståande utan inntektssikring etter at dei har brukt opp dagpengeperioden på 26 veker innanfor ein periode på 18 månader. Regjeringa vil derfor sende på høyring eit forslag om lønnsplikt etter 26 veker for bedrifter i fiskeindustrien, på same måte som for andre bedrifter. Inntil vidare vil regjeringa midlertidig utvide dagpengeperioden frå 26 til 52 veker innanfor ein 18-månedersperiode, med verknad frå 1. desember 2024. Forslaget vil venteleg auke løyvinga til dagpenger med om lag 5 mill. kroner i 2025.

Endring av reglane om samordning mellom dagpengar og offentleg tenestepensjon

Regjeringa foreslår å oppheve reglane om samordning mellom dagpenger og dei ytingane i offentleg tenestepensjon som er nøytralt utforma. Forslaget inneber at dagpengane ikkje lenger blir reduserte når ein samtidig får utbetalingar frå ein offentleg tenestepensjonsordning som er utforma etter prinsippa om nøytralt og fleksibelt uttak. Behovet for å endre reglane er ein konsekvens av prinsippa i pensjonsreforma om fleksible og nøytrale uttaksreglar som er under innfasing. Forslaget vil vere budsjettnøytralt i 2025, men vil kunne auke utgiftene til dagpengar i åra framover. Forslaget vil få full effekt frå 2030, og er anslått til 5 mill. kroner. Lovendringsforslaget vil bli fremma i samleproposisjonen for hausten 2024.

Rapport

Utviklinga i talet på dagpengemottakarar

I gjennomsnitt fekk om lag 36 700 personar dagpengar i 2023. I første halvåret 2024 var det om lag 42 500 dagpengemottakarar i gjennomsnitt. Dette er ein auke på 16,3 pst. samanlikna med første halvåret 2023.

I 2023 var utgiftene til dagpengar om lag 10 280 mill. kroner. I første halvåret 2024 summerte utgiftene over dagpengekapittelet seg til om lag 7 130 mill. kroner. Det er ein auke på rundt 27,5 pst. samanlikna med første halvåret 2023.

Tabellen nedanfor viser omfanget på og samansettinga av dagpengemottakarar for 2022 og 2023 og for første halvåret 2023 og 2024.

Gjennomsnittleg antal dagpengemottakarar, 2022–1. halvåret 2024

2022

2023

1. halvår 2023

1. halvår 2024

Heilt ledige ikkje permitterte

18 242

18 632

17 586

20 438

Heilt ledige permitterte

4 551

3 758

4 453

4 968

Delvis ledige ikkje permitterte

6 380

5 328

5 095

5 523

Delvis ledige permitterte

4 657

3 204

3 854

4 383

Andre (inkl. tiltaksdeltakarar)

6 891

5 795

5 562

7 182

Sum

40 721

36 716

36 550

42 494

Kjelde: Arbeids- og velferdsdirektoratet.

Gjennomsnittleg fekk dagpengemottakarane ytinga i 27 veker i 2023. I 2022 fekk dagpengemottakarane ytinga i 25 veker i gjennomsnitt. Fleirtalet av dagpengemottakarane er heilt ledige (inkl. heilt permitterte). I 2023 var det gjennomsnittleg om lag 22 400 personar i denne gruppa. I første halvåret 2024 var det i gjennomsnitt om lag 25 400 heilt ledige dagpengemottakarar. Dette er ein auke på om lag 13,5 pst. frå første halvåret 2023.

Frå 2022 til 2023 gjekk talet på permitterte ned med om lag 2 250 til eit nivå på om lag 6 960 i gjennomsnitt. I første halvåret 2024 var det i gjennomsnitt 9 350 heilt og delvis permitterte, eit nivå som var om lag 12,6 pst. høgare enn i same perioden året før.

Bruk av sanksjonar overfor mottakarar av dagpengar

Sanksjonane mot dei som er sjølvforskyldt ledige, som utan rimeleg grunn lèt vere å ta jobb eller delta i arbeidsmarknadstiltak, eller som lèt vere å møte ved NAV-kontoret etter innkalling, er eit viktig verkemiddel for å sikre aktiv arbeidssøking. Krava i dagpengeordninga om at mottakarane skal vere mobile og disponible for arbeid eller arbeidsmarknadstiltak skal praktiserast konsekvent. Avstenging ved enkeltbrot på krava skjer i form av forlenga ventetid eller tidsavgrensa bortfall av dagpengar etter reglane i folketrygdlova §§ 4-10 og 4-20.

I 2023 blei det gjort 928 vedtak om tidsavgrensa bortfall og 6 332 vedtak om forlengd ventetid for å få dagpengar som følge av å vere sjølvforskyldt ledig. I første halvåret 2024 blei det gjort 540 vedtak om tidsavgrensa bortfall og 3 006 vedtak om forlengd ventetid.

Budsjettforslag 2025

Post 70 Dagpengar, overslagsløyving

Løyvinga på posten har blitt endra gjennom første halvåret 2024. I revidert nasjonalbudsjett for 2024 blei løyvinga sett til 12 210 mill. kroner.

Løyvinga blir foreslått auka med 1 497 mill. kroner i 2025 samanlikna med anslaget i Saldert budsjett 2024. Hovudårsaka til auka i løyvinga er at det blir lagt til grunn om lag 2 000 fleire dagpengemottakarar i 2025, og at anslaget for gjennomsnittleg utbetaling per dagpengemottakar er oppjustert.

For 2025 er det foreslått ei løyving på 14 315 mill. kroner.

Kap. 5705 Refusjon av dagpengar

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2023

Saldert budsjett 2024

Forslag 2025

70

Refusjon av dagpengar, statsgaranti ved konkurs

25 005

18 000

27 000

71

Refusjon av dagpengar for grensearbeidarar m.m. busette i Noreg

667

300

700

72

Innkrevjing av forskotterte dagpengar

470 560

150 000

45 000

Sum kap. 5705

496 232

168 300

72 700

Budsjettforslag 2025

Post 70 Refusjon av dagpengar, statsgaranti ved konkurs

Arbeids- og velferdsetaten kan forskotere lønnsgarantimidlar i form av dagpengar dersom vilkåra for dekning gjennom lønnsgarantiordninga er til stades. Arbeids- og velferdsetaten fremmar refusjonskrav i konkursbuet for utbetalte dagpengar når det blir klart at det vil bli utbetalt lønnsgarantimidlar til arbeidstakaren.

For 2025 er det foreslått ei løyving på 27 mill. kroner.

Post 71 Refusjon av dagpengar for grensearbeidarar m.m. busette i Noreg

Arbeids- og velferdsetaten kan søke refusjon for utbetalte dagpengar til personar som er busette i Noreg og har blitt heilt arbeidsledige frå arbeid i eit anna EØS-land. Tilsvarande kan eit anna EØS-land krevje refusjon frå Noreg for utbetalte dagpengar til personar som er busette i det andre EØS-landet og har blitt heilt arbeidsledige frå arbeid i Noreg. Mellom dei nordiske landa gjeld ein avtale om å ikkje krevje slik refusjon.

For 2025 er det foreslått ei løyving på 0,7 mill. kroner.

Post 72 Innkrevjing av forskotterte dagpengar

Under Covid-19-pandemien blei uvanleg mange permitterte eller arbeidsledige. For å sikre desse nødvendige midlar til livsopphald mens dei venta på at søknaden deira om dagpengar blei behandla, blei det innført ei ny ordning for forskotsutbetaling av dagpengar 30. mars 2020. Forskotsordninga var nødvendig for å følge opp Stortinget sitt vedtak om at utbetalingane til dei permitterte og arbeidsledige skulle skje raskt. Ordninga har ikkje vore i bruk sidan 2021 og ho blei avvikla 31. desember 2022.

Krav om tilbakebetaling av forskot kan inndrivast etter reglane i bidragsinnkrevjingslova. Det er Skatteetaten som står for inndrivingane, på vegner av Arbeids- og velferdsetaten.

Utbetaling av forskot er utgiftsført i statsrekneskapen for 2020 under kap. 2541, post 70. Tilbakebetalingar av forskot er inntektsførte mot det same kapittelet i samsvar med fullmakta frå Stortinget. I 2021 blei det utbetalt 53 mill. kroner i nye forskot fram til ordninga blei stengd ned 26. mai.

For 2025 er det foreslått ei løyving på 45 mill. kroner.

Kap. 2542 Statsgaranti for lønnskrav ved konkurs m.m.

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2023

Saldert budsjett 2024

Forslag 2025

70

Statsgaranti for lønnskrav ved konkurs m.m., overslagsløyving

792 082

865 000

980 000

Sum kap. 2542

792 082

865 000

980 000

Hovudtrekk ved regelverket

Lønnsgarantiordninga skal, på visse vilkår, dekke uteståande krav som arbeidstakaren har på lønn m.m. når arbeidsgivaren går konkurs, jf. lov av 14. desember 1973 nr. 61 om statsgaranti for lønnskrav ved konkurs mv.

Arbeids- og inkluderingsdepartementet har ansvar for lønnsgarantiregelverket, og ordninga blir forvalta av Arbeids- og velferdsetaten ved NAV Lønnsgaranti. I tillegg til skriftleg søknadsbehandling inneber lønnsgarantiarbeidet munnleg informasjon og rettleiing om garantiordninga til bl.a. arbeidstakarar, bustyrarar og tingrettar.

Lønnsgarantiordninga omfattar arbeidsforhold der det skal betalast arbeidsgivaravgift til folketrygda. Sjølvstendig næringsdrivande, oppdragstakarar og arbeidstakarar som har hatt ein eigardel i verksemda på minst 20 pst., er unntatt frå ordninga, med mindre dei kan sannsynleggjere at dei ikkje har hatt vesentleg innverknad over drifta.

Lønn og anna arbeidsvederlag for maksimalt seks månader kan dekkast gjennom ordninga. Lønnskravet må ikkje vere forfalle lenger tilbake enn tolv månader før fristdagen i konkursen. Opptente feriepengar kan dekkast for same året som fristdagen og året før. Pensjonsytingar og erstatning for tapt arbeidsvederlag kan dekkast for maksimalt seks månader. I tillegg kan renter av uteståande lønnskrav inntil fristdagen og eventuelle inndrivingskostnader dekkast.

Den maksimale dekninga er avgrensa til eit bruttobeløp tilsvarande to gonger grunnbeløpet i folketrygda på fristdagen. I tillegg kan ein få dekt rimelege omkostningar i samanheng med konkurskravet.

Rapport

Talet på konkursar på landsbasis, talet på føretakskonkursar, talet på tilsette, ansiennitet og lønnsnivå i dei bedriftene som blir ramma av konkurs, påverkar den samla storleiken på utbetalingane frå lønnsgarantiordninga. Utbetalingane er på denne måten konjunkturavhengige. Økonomien i det enkelte buet har også svært mykje å seie for utbetalingane. Utover dette vil svingingar i restansesituasjonen i NAV Lønnsgaranti kunne påverke utgiftene det enkelte året.

Årlege utbetalingar refererer seg i hovudsak til saker som har komme inn i utbetalingsåret og året før. Bustyrarane må ofte bruke noko tid på å få oversikt over konkursbuet. Det kan derfor ta litt tid før krava blir sende inn til NAV Lønnsgaranti.

Talet på konkursar på landsbasis og talet på nye saker inn til lønnsgarantiordninga

År

2021

2022

2023

Konkursar totalt

3 325

3 713

4 517

Av desse føretakskonkursar1

2 688

3 040

3 745

Nye saker inn til lønnsgarantiordninga

1 516

1 590

2 217

1 Med føretakskonkursar meiner vi konkursar i føretak med tilsette arbeidstakarar. Tabellen skil derfor mellom det samla talet på konkursar totalt og talet på føretakskonkursar, der personlege konkursar og konkursar i enkeltpersonføretak ikkje er rekna med.

Talet på konkursar totalt, som også omfattar personlege konkursar og føretakskonkursar, auka med 21,7 pst. frå 2022 til 2023. Talet på føretakskonkursar har auka med 23,2 pst. i same periode, mens det i første halvåret 2024 auka med 6,1 pst. Talet på tilsette ramma av konkurs gjekk i 2023 opp med om lag 29,8 pst. og har i første halvåret 2024 auka med 24,3 pst. Om lag 55 til 65 pst. av føretakskonkursane på landsbasis har ført til krav til lønnsgarantiordninga dei siste åra. Talet på nye saker inn til garantiordninga gjekk opp med om lag 39,4 pst. frå 2022 til 2023 og auka med om lag 3,3 pst. i første halvåret 2024.

I 2023 utgjorde utgiftene 792 mill. kroner, noko som gir ein auke på 18,7 pst. frå 2022. I første halvåret 2024 utgjorde utgiftene på posten 429 mill. kroner. Det er ein auke på 2,5 pst. frå første halvåret 2023.

Budsjettforslag 2025

Post 70 Statsgaranti for lønnskrav ved konkurs m.m., overslagsløyving

Posten dekker utgifter for staten i samsvar med lov av 14. desember 1973 nr. 61 om statsgaranti for lønnskrav ved konkurs mv.

For 2025 er det foreslått ei løyving på 980 mill. kroner.

Kap. 5704 Statsgaranti for lønnskrav ved konkurs

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2023

Saldert budsjett 2024

Forslag 2025

70

Dividende

196 031

225 000

230 000

Sum kap. 5704

196 031

225 000

230 000

Hovudtrekk ved ordninga

Dividende blir innbetalt ved at staten trer inn i arbeidstakarane sitt prioriterte dividendekrav i konkursbuet når arbeidstakarar får utbetalt lønnsgarantimidlar.

Dividenden kan til ei viss grad sjåast i samanheng med endringane i utbetalingane og med den generelle økonomiske situasjonen i bua. Innbetalingane gjeld både inneverande og tidlegare års utbetalingar. Økonomien i det enkelte buet betyr også svært mykje for utbetalingane og moglegheitene for å krevje inn dividende. Dette kan igjen ha samanheng med samansettinga av kva bransjar/næringar som har økonomiske problem. Ein annan påverknadsfaktor kan vere dei moglegheitene og ressursane bustyraren har i samanheng med inndriving av midlar til buet. Det er derfor eit betydeleg etterslep i dividenden i forhold til utbetalingane.

Rapport

I 2023 utgjorde innbetalt dividende 196 mill. kroner. Det er ein auke på 4,1 pst. frå 2022. I første halvåret 2024 utgjorde innbetalt dividende 167 mill. kroner. Det er ein auke på 46,3 pst. frå første halvåret 2023.

Budsjettforslag 2025

Post 70 Dividende

For 2025 er det foreslått ei løyving på 230 mill. kroner.

Fotnotar

1.

Berg, H., Markussen, S., Røed, K., Vestøl, G.M. og Zhang, T. 2024 Evaluering av satsingen på forsterket oppfølging av langtidsledige høsten 2017. Oslo 2024. Arbeidsnotat. Tilgjengelig på NAV.no

2.

Nergaard, K. (2022): Organisasjonsgrader, tariffavtaledekning og arbeidskonflikter 2020 og 2021. Fafo-notat 2024:05: Organisasjonsgrader, tariffavtaledekning og arbeidskonflikter 2022.

3.

Europaparlaments- og rådsforordning (EU) 2019/1149 av 20. juni 2019 om innføring av ei europeisk arbeidsmarknadsstyresmakt, om endring av forordning (EF) nr. 883/2004, (EU) nr. 492/2011 og (EU) 2016/589 og om oppheving av avgjerd (EU) 2016/344.

4.

Den sjukmelde kan få unntak frå dette aktivitetskravet for rett til sjukepengar når medisinske grunnar klart er til hinder for slik aktivitet, eller når arbeidsrelaterte aktivitetar ikkje kan gjennomførast på arbeidsplassen.

5.

Kann, I. C., Lima, I. A. Å. og Kristoffersen, P. (2014). Håndheving av aktivitetskravet i Hedmark har redusert sykefraværet. Arbeid og velferd 3/2014 og Kann, I. C., Lima, I. A. Å. og Brage, S. (2017). NAVs håndheving av aktivitetskravet for sykmeldte. Forsøk med Hedmarksmodellen. Arbeid og velferd 1/2017.

6.

I perioden frå 2015 til 2022 har den gjennomsnittlege sjukmeldingsgrada lege på mellom 82 pst. og 87 pst.

7.

Dialogmøte 1 blir halde mellom arbeidsgivar og arbeidstakar, i utgangspunktet utan at Arbeids- og velferdsetaten deltar.

8.

Oslo Economics (2021). Bruk av dialogmøte 2 i sykefraværsoppfølgingen. Rapport 2021:61 (kvalitativ studie) og Myhre, A. og Lima, I. (2022). Markant nedgang i dialogmøter for langtidssykmeldte da NAV begynte å spørre om behov. Arbeid og velferd 2/2022 (kvantitativ studie).

9.

NOU 2021: 2 Kompetanse, aktivitet og inntektssikring – Tiltak for økt sysselsetting.

10.

NOU 2019: 7 Arbeid og inntektssikring – Tiltak for økt sysselsetting og NOU 2021: 2 Kompetanse, aktivitet og inntektssikring – Tiltak for økt sysselsetting.

11.

https://osloeconomics.no/2023/05/11/hvordan-bistar-nav-arbeidslivssentre-virksomheter-i-arbeid-med-a-forbedre-arbeidsmiljo-og-redusere-sykefravaer/

12.

Arbeidsforskningsinstituttet (AFI) og Proba samfunnsanalyse (2022) «Evaluering av tilskudd til ekspertbistand». AFI-rapport 2022-05.

13.

Oxford Research og Proba Samfunnsanalyse (2024) «Evaluering av tilskudd til ekspertbistand». Rapport 2024/6.

14.

https://www.nav.no/no/nav-og-samfunn/kunnskap/fou-midler/pagaende-fou-prosjekter2/fou-programmet-under-ia-avtalen

15.

Proba (2024): NAVs oppfølging av personer som mottar AAP (Proba rapport 2024-08)

16.

OsloMet (2024): Arbeidsavklaringspenger – en sammenstilling og oppsummering av kunnskap på området (AFI-rapport 2024:11)

17.

Hernæs, Ø. M. (2021). Delrapport 2 Kvantitativ evaluering av innføring av plikt for kommunene til å stille vilkår om aktivitet til sosialhjelpsmottakere under 30 år. Oslo: Stiftelsen Frischsenteret for samfunnsøkonomisk forskning. Rapport 3/2021.

18.

Oslo Economics (2023). NAVs tjenestetilbud til sosialhjelpsmottakere: Oppfølging, aktivitetstilbud og aktivitetsplikt. Oslo.

19.

https://www.nav.no/no/nav-og-samfunn/kunnskap/fou-midler/fou-programmet-under-ia-avtalen

20.

Oslo Economics og Frisch-senteret (2022). Hvordan kan vi måle om NAV lykkes med å få flere i arbeid? Rapport 2022:10. Oslo: Oslo Economics.

21.

Her avgrensa til arbeidssøkarar som har vore arbeidssøkande i meir enn to år.

22.

Oslo Economics, Proba Samfunnsanalyse og Frischsenteret (2023). Områdegjennomgang av arbeidsmarkedstiltak: Kartlegging av kunnskap og praksis. Rapport 2023: 33. Oslo: Oslo Economics.

Oslo Economics, Frischsenteret, Proba Samfunnanalyse og CMS Cluge (2023). Områdegjennomgang av arbeidsmarkedstiltak: Anbefalinger for effektiv og kunnskapsbasert bruk. Rapport 2023: 88. Oslo: Oslo Economics.

23.

Oslo Economics og Frischsenteret (2024). Effekter av arbeidsmarkedstiltak. Rapport 2024: 26. Oslo: Oslo Economics.

24.

Oslo Economics (2023). Kvalitativ undersøkelse av arbeidsmarkedstiltaket Arbeidstrening. Delrapport 1. Oslo og Oslo Economics (2024). Effekter av arbeidsmarkedstiltaket Arbeidstrening. Delrapport 2. Oslo

25.

Proba samfunnsanalyse (2024). Evaluering av varig lønnstilskudd. Rapport 2024:05. Oslo.

26.

Berg, H., Gleinsvik, A., Golombek, R., Røed, K., Staalesen, P.D., Vestøl, G.M. og Zhang, T. (2023). Hvor godt virker arbeidsforberedende trening? Oslo: Frischsenteret og Proba samfunnsanalyse.

27.

Faktabok om arbeidsmiljø og helse 2024. STAMI.

28.

Tala er ekskl. apotekverksemd. Dette er ei endring samanlikna med omtalen i Prop. 1 S for 2021.

29.

Helde, I. (2023). «Pleiepengeordningen ble utvidet: antall brukere mer enn doblet», Arbeid og velferd 2/2023.

30.

https://oxfordresearch.no/publications/evaluering-av-ny-pleiepengeordning/

31.

Arbeidsavklaringspengar blir utbetalte for 14-dagarsperiodar, og samansettinga av vekedagar i første halvåret 2022 og 2023 kan ha ein liten effekt på utgiftsauken.

32.

Frå mars 2010 auka talet på mottakarar fram til sommaren 2011. Talet på mottakarar gjekk ned fram til 2014.

33.

Målt etter rett til yting ved utgangen av månaden.

34.

Gjeld arbeidsavklaringspengar, uføretrygd, overgangsstønad, tiltakspengar, dagpengar eller alderspensjon.

35.

Bragstad, T. (2018) Vekst i uføre trygding blant unge. Arbeid og velferd, 2018(2).

36.

Det er låge tal som har gifta seg eller er registrerte som døde, særleg blant menn. For å sikre at statistikk ikkje kan førast tilbake til enkeltpersonar det er mogleg å identifisere, er kategoriane «gift på nytt» og «død» slått saman med kategorien «anna» og Alderspensjon/AFP framstilt samla.

Til forsida