Del 1
Innleiande del
1 Innleiing
Regjeringa si viktigaste oppgåve er å ta Noreg gjennom urolege tider, ta vare på tryggleiken i landet og bidra til at folk får betre råd. Urolege tider krev trygg styring. Regjeringa si politikk skal skape eit tryggare og meir rettferdig Noreg for alle, og ta vare på det som gjer Noreg til Noreg: Dei små forskjellane, det sterke fellesskapet og den høge tilliten.
Arbeid til alle i eit trygt arbeidsliv og gode velferdsordningar er nøkkelen til meir rettferdig fordeling, integrering og fridom for den enkelte. Etter at regjeringa tiltredde har det blitt 145 000 fleire sysselsette. Veksten har vore klart høgast i privat sektor. Auka verdiskaping gjennom høg sysselsetting og eit vekstkraftig næringsliv er avgjerande for å sikre eit berekraftig velferdssamfunn.
Regjeringa vil forsterke arbeidslinja gjennom å føre ein meir aktiv politikk for å få fleire i arbeid og færre på trygd. Alle som kan og vil jobbe, skal få moglegheit til å jobbe i eit sikkert og seriøst arbeidsliv.
Inntektssikringsordningane skal gi økonomisk tryggleik til personar som midlertidig eller varig ikkje kan delta i arbeidslivet, og skal samtidig utformast slik at dei tar omsyn til målet om høg sysselsetting og eit omstillingsdyktig arbeidsliv.
Den norske arbeidslivsmodellen med høg organisasjonsgrad og godt partssamarbeid har gitt norsk arbeidsliv høg produktivitet, sterk konkurransekraft og stor omstillingsevne, og bidrar til eit samfunn med høg tillit og små forskjellar. Systemet for lønnsdanning, inkludert institusjonane rundt lønnsdanninga, er ein sentral del av modellen. Regjeringa legg stor vekt på trepartssamarbeidet i arbeidet med viktige samfunnsoppgåver.
I fleire næringar er det stor etterspørsel etter arbeidskraft. I nokre av dei bransjane som slit med rekrutteringa, finn vi også dei største utfordringane når det gjeld seriøse og anstendige arbeidsvilkår. Regjeringa sin politikk for å ta vare på eit seriøst og anstendig arbeidsliv og styrke rettane til arbeidstakarane vil bl.a. bidra til at utsette bransjar blir tryggare og meir attraktive og derfor enklare å rekruttere til.
Integreringspolitikken skal bidra til å få fleire i arbeid og at fleire lærer seg norsk, og samtidig fremme likestilling og kjempe mot negativ sosial kontroll.
Russlands fullskalainvasjon i Ukraina har ført til ein stor auke i talet på flyktningar til Noreg. Rekordmange er busett i kommunar over heile landet, og mange vil bli busett også i året som kjem. Regjeringa arbeider for at dei fordrivne frå Ukraina skal komme raskt i arbeid.
Regjeringa gjennomfører ei tillitsreform i offentleg forvaltning. Målet med reforma er å gi meir velferd og betre tenester til brukarane. Reforma blir utforma i samspel med brukarorganisasjonar, tillitsvalde og leiinga i alle store offentlege verksemder.
Arbeid til alle i eit inkluderande arbeidsliv
Arbeidskrafta er vår viktigaste ressurs, og den ressursen må vi forvalte godt. Arbeid gir inntekt og betre levekår for den enkelte og for familiane. Høg sysselsetting er nødvendig for høg verdiskaping i samfunnet, og gjer at vi kan ha gode velferdsordningar. Arbeidsmarknadspolitikken til regjeringa skal bygge bru mellom behovet for arbeidskraft hos arbeidsgivarane og dei som står utanfor. Mange av dei som står utanfor arbeid, treng kvalifisering og hjelp til å komme i jobb.
I Meld. St. 31 (2023–2024) Perspektivmeldingen 2024 og i Meld. St. 33 (2023–2024) En forsterket arbeidslinje har regjeringa satt eit mål om at sysselsettingandelen skal vere på 82 pst. av befolkninga i aldersgruppa 20–64 år innan 2030. Innan 2035 skal sysselsettinga auke til 83 pst. for same aldersgruppe. For å nå dette målet må vi endre måten vi jobbar på. Det må førast ein aktiv politikk på ulike områder for å få fleire i arbeid og færre på trygd. Den aktive arbeidsmarknadspolitikken skal styrkast. Det skal bl.a. skje gjennom å trappe opp og forbetre bruken av arbeidsmarknadstiltaka og forsterke og vidareutvikle innsatsen overfor unge. Det skal også satsast på betre kompetanse og samarbeid mellom arbeids-, helse- og utdanningssektoren, og leggast til rette for ein meir kunnskapsbasert gjennomføring av arbeidsmarknadspolitikken. Målet er å sikre fleire ei varig og stabil tilknyting til arbeidslivet.
Regjeringa har ei forventning om at nykomne flyktningar raskt skal i arbeid og aktivitet. Arbeid er det viktigaste verkemiddelet mot fattigdom, avlastar budsjetta til kommunane og legg til rette for integrering på arbeidsplassen og i kvardagslivet. Gode resultat avheng av innsats frå den enkelte, og at kommunane, Arbeids- og velferdsetaten og arbeidsgivarane samarbeider godt om bl.a. arbeidsretta tiltak og språkopplæring tilpassa den enkelte.
Det er viktig for regjeringa at det skal bli lettare for folk med nedsett arbeidsevne og/eller funksjonsevne å utnytte arbeidsevna si, og at det skal bli enklare å kombinere trygd med inntektsgivande arbeid. Det er særleg viktig å få unge menneske som i dag tar imot trygdeytingar, i arbeid og aktivitet.
Regjeringa vil styrke og vidareutvikle innsatsen for at unge som treng arbeidsretta bistand for å komme i arbeid skal fangast opp tidleg. Dei unge skal få tilbod om systematisk hjelp som er tilpassa behova deira. Regjeringa si ungdomsgaranti skal sikre at unge som treng hjelp til å komme i arbeid, får tidleg innsats, tett og individuelt tilpassa oppfølging så lenge det er nødvendig. Målet er at fleire skal fullføre utdanning og komme i jobb.
Regjeringa vil utforme og iverksette eit forsøk med arbeidsretta ungdomsprogram, med rett til ein statleg finansiert inntektssikring, der nedsett helsetilstand ikkje er eit inngangsvilkår. Inntektssikringa føreset deltaking i arbeidsretta aktivitet.
Regjeringa legg gjennom tillitsreforma vekt på å gi NAV-kontora og tilsette i førstelinja større handlingsrom til å nyttiggjere seg av sin faglege kompetanse i arbeidet. Formålet er at folk skal få betre tenester som er tilpassa ulike behov og livssituasjonar. Det inneber bl.a. å utnytte det statleg-kommunale samarbeidet i NAV-kontora betre for å gi fagleg gode og lokalt tilpassa tenester og at dei tilsette reelt skal vere med på å bestemme.
Styrking av rettane til arbeidstakarane i eit sikkert og seriøst arbeidsliv
Regjeringa held fram arbeidet med å sikre trygge arbeidsforhold og styrke rettane til arbeidstakarane. I nært samarbeid med partane i arbeidslivet blir det ført ein politikk som stimulerer til høgare organisasjonsgrad og tariffavtaledekning, og for å sikre eit seriøst og organisert arbeidsliv. Bl.a. inneber dette at arbeidet med å auke bruken av faste tilsettingar direkte i den verksemda der arbeidet blir utført fortsett. I tillegg fortsett arbeidet med å auke bruken av heile stillingar for dei som ønsker å arbeide heiltid.
Useriøsitet, sosial dumping og arbeidslivskriminalitet utfordrar deler av det norske arbeidslivet. Det er viktig at Arbeidstilsynet er til stades og er synleg. Regjeringa foreslår derfor ei styrking av Arbeidstilsynet. Som eit ledd i arbeidet med å redusere useriøsitet og styrke partanes arbeid med informasjon og rettleiing, vil regjeringa også auke støtta til Fair Play Bygg Norge.
Integrering og mangfald
Regjeringa sin integreringspolitikk skal bidra til å få fleire i arbeid, at fleire lærer seg norsk, fremme likestilling og kjempe mot negativ sosial kontroll. Flyktningar skal bli busett raskt og treffsikkert i alle delar av landet. Alle innvandrarar skal bli møtt med dei same forventningane, og det skal vere mogleg for dei, som for alle andre, å kunne delta fullt ut på alle samfunnsområde. Vi skal stille krav, men vi skal også stille opp.
Som følge av Russlands fullskalainvasjon av Ukraina er millionar av menneske ført på flukt, og rekordmange fordrivne har fått midlertidig kollektivt vern i Noreg. Historisk mange fordrivne og andre flyktningar er busett i kommunar over heile landet sidan 2022, og busettinga går framleis raskt. Regjeringa vil at fordrivne skal ha eit godt opphald i Noreg med ein meiningsfull kvardag, samtidig som utgangspunktet er at opphaldet er midlertidig.
Regjeringa er innstilt på å halde fram med å bidra. Samtidig skal talet på flyktningar og fordrivne som kjem til Noreg, vere berekraftig over tid. Regjeringa har sidan hausten 2023 lansert fleire tiltak med mål om reduserte innreisetal, som skal bidra til å dempe presset på kommunane og sikre den enkelte eit forsvarleg tenestetilbod. Samtidig har Utlendingsdirektoratet vurdert at sikkerheitssituasjonen i nokre områder vest i Ukraina ikkje er så alvorleg at den aleine gir grunn til vern. Dette har innverknad på dei som får saka si vurdert etter det ordinære regelverket om vern. Regjeringa har nyleg stramma inn på ordninga med midlertidig kollektivt vern, slik at fleire søkarar frå enkelte tryggare område vest i Ukraina ikkje fell inn under ordninga, men får asylsøknaden sin vurdert på individuelt grunnlag etter ordinære reglar. Som følge av tiltaka, venter regjeringa at det vil komme færre ukrainarar til Noreg. Sjå Prop. 1 S (2024–2025) for Justis- og beredskapsdepartementet for nærmare omtale av endringa.
Det å hjelpe flyktningane ut i arbeid og sjølvforsørging er på sikt den beste måten å sikre berekraft på. Regjeringa har som mål at fordrivne frå Ukraina kjem raskt ut i arbeid. Mange har behov for kvalifisering før dei er klare til å gå ut i arbeid, og dei fleste takkar ja til tilbodet om norskopplæring og introduksjonsprogram. Regjeringa har gjort grep for å gjere introduksjonsprogrammet meir arbeidsretta og har også lansert eit nasjonalt system for digital norskopplæring. Det skal gjere det enklare å kombinere norskopplæring med arbeid. Eit godt samarbeid mellom statlege og kommunale aktørar, frivillige organisasjonar og partane i arbeidslivet, er viktig for arbeidslinja i norsk integreringspolitikk.
Kvalifiseringstiltaka skal bidra til å fylle gapet mellom kompetansen den enkelte nykomne har og det arbeidsmarknaden krev. Fleire flyktningar skal få formell utdanning og betre norskferdigheiter innanfor ramma av introduksjonsprogrammet. Det er særleg behov for at fleire kvinner med innvandrarbakgrunn får tilbod om kvalifisering og kjem ut i arbeid eller ordinær utdanning.
Alle i Noreg har rett til å leve eit trygt og fritt liv. Rasisme, diskriminering, negativ sosial kontroll og æresrelatert vald er alvorleg for den enkelte og for samfunnet. Det går ut over levekår og helse, deltaking i arbeidslivet og utbytte av skolegang. Regjeringa styrker oppfølginga og det forebyggande arbeidet ytterlegare. Regjeringa arbeider også med ein ny handlingsplan mot negativ sosial kontroll og æresrelatert vald, som skal bli lagt fram våren 2025.
Gode velferdsordningar og mindre ulikskap i levekår
Det norske velferdssamfunnet har gode ordningar for inntektssikring og eit godt offentleg tilbod av tenester. Velferdsordningane er søkt utforma slik at dei kan bidra til velferd for den enkelte, jamn fordeling og god økonomisk vekst. Det er viktig for å utjamne forskjellar og bidreg til å oppretthalde tilliten i samfunnet. Gode inntektssikringsordningar og offentlege velferdstenester bidrar samtidig til å redusere økonomisk ulikskap og er særleg viktig for å betre levekåra for utsette grupper. Regjeringa vil ha eit samfunn med eit sterkt økonomisk og sosialt sikkerheitsnett for dei som treng det permanent eller i fasar av livet. Den økonomiske sikkerheita som gode velferdsordningar gir, er viktig både for den enkelte og for omstillingsevna i arbeidslivet.
Regjeringa er opptatt av å balansere omsynet til inntektssikring og omsynet til arbeidslinja på ein god måte. Det skal lønne seg for den enkelte å utnytte arbeidsevna si og forsørge seg sjølv. Samtidig skal også folk som av ulike grunnar ikkje er i arbeid, ha ein økonomi som gjer at dei kan leve verdige liv og delta på ulike arenaer i samfunnet. Regjeringa vil redusere dei økonomiske, sosiale og geografiske forskjellane i samfunnet. Mange som står utanfor arbeidslivet, har samansette utfordringar når det gjeld bl.a. kompetanse, helse og bustad. Dei treng samordna bistand frå arbeids- og velferdsforvaltninga og andre tenester. Frivillige organisasjonar og sosiale entreprenørar er viktige aktørar som bidrar til å løyse sosiale utfordringar i samfunnet. Busetting av svært mange flyktningar på kort tid, gir press også på bustadpolitikken for utsette grupper i stort.
Dei som har ein pressa økonomi frå før, er meir utsett for å bli råka av dei auka levekostnadane. Regjeringa har gjennomført ei rekke tiltak for å motverke effekten av auka levekostnader i samfunnet, bl.a. gjennom auka barnetrygd, billigare barnehage, gratis kjernetid i SFO for 1.–3. klasse, straumstøtte og endringar i bustøtteordninga.
Gode og føreseielege pensjonar for dagens og framtidige generasjonar
Pensjonssystemet skal bidra til ein trygg og verdig alderdom for alle, men samtidig vere berekraftig over tid og stimulere til deltaking i arbeid. Hovudprinsippa i pensjonsreforma, slik som levealdersjusteringa, fleksibelt uttak av pensjon og høvet til å kombinere pensjon og inntekt frå arbeid, ligg fast. Det samla pensjonssystemet er no i hovudsak tilpassa prinsippa i pensjonsreforma og støttar opp under målet om å få fleire til å stå lenger i arbeid.
Regjeringa la fram Meld. St. 6 (2023–2024) Et forbedret pensjonssystem med en styrket sosial profil 15. desember 2023. I meldinga foreslo regjeringa ei rekke tiltak for å styrke den sosiale berekrafta til pensjonssystemet. I samanheng med stortingsbehandlinga av meldinga inngjekk regjeringspartia og partia Høgre, Sosialistisk Venstreparti, Venstre, Kristeleg Folkeparti og Miljøpartiet Dei Grøne ei avtale om justeringar i regelverket for pensjon. Avtalepartane stiller seg bak forslaga til regjeringa om ein gradvis auke av aldersgrensene, ei betre regulering av minsteytingane i pensjonssystemet samt styrking av alderspensjon til uføre. Regjeringa vil følge opp pensjonsavtala med nødvendige forslag til lovendringar, og foreslår i tråd med avtala at skjermingstillegget til uføre alderspensjonistar blir utvida til også å omfatte årskulla 1954–1962 med budsjettverknad frå 2025.
LO og NHO har greidd ut ei mogleg omlegging av AFP-ordninga i privat sektor, men det gjenstår for partane å bli einige om nivået på ytingane og finansieringa i ei reformert ordning. Regjeringa er innstilt på å gå i forhandling med partane med sikte på ei omlegging av ordninga.
Boks 1.1 Mål for arbeids-, integrerings- og velferdspolitikken
Dette er dei fastsette måla for Arbeids- og inkluderingsdepartementet sine ansvarsområde. Sjå nærmare omtale i del II, punkt 6.
-
Ein velfungerande arbeidsmarknad med god utnytting av arbeidskrafta
-
Eit sikkert og seriøst arbeidsliv
-
Redusert sjukefråvær og fråfall frå arbeidslivet
-
God inkludering av utsette grupper i arbeidsmarknaden
-
God integrering av innvandrarar i arbeid og samfunn
-
Inntektssikringsordningar som gir økonomisk sikkerheit og samtidig stimulerer til arbeid
-
Gode og føreseielege pensjonar for dagens og framtidige generasjonar
-
Inkludering i samfunnet og gode levekår for dei mest vanskelegstilte
2 Profil og satsingsområde
2.1 Samla budsjettforslag fordelt på programområde og programkategoriar
Mill. kroner |
|||
---|---|---|---|
Nemning |
Saldert budsjett 2024 |
Forslag 2025 |
Endring i pst. |
Programområde 09 Arbeid og sosiale formål | |||
09.00 Administrasjon |
775,9 |
776,4 |
0,1 |
09.10 Administrasjon av arbeids- og velferdspolitikken |
14 764,5 |
15 698,5 |
6,3 |
09.20 Tiltak for betra levekår m.m. |
402,4 |
420,9 |
4,6 |
09.30 Arbeidsmarknad |
10 684,0 |
11 618,7 |
8,7 |
09.40 Arbeidsmiljø og sikkerheit |
1 082,5 |
1 132,3 |
4,6 |
09.50 Pensjonar m.m. under Statens pensjonskasse |
10 536,1 |
13 195,5 |
25,2 |
09.60 Kontantytingar |
4 687,0 |
5 126,8 |
9,4 |
09.70 Integrering og mangfald |
28 790,3 |
28 304,7 |
-1,7 |
Sum Arbeid og sosiale formål |
71 722,8 |
76 273,7 |
6,3 |
Programområde 29 Sosiale formål, folketrygda | |||
29.20 Einslige forsørgarar |
1 685,0 |
1 750,0 |
3,9 |
29.50 Inntektssikring ved sjukdom, arbeidsavklaring og uførleik |
233 185,7 |
254 802,0 |
9,3 |
29.60 Kompensasjon for meirutgifter ved nedsatt funksjonsevne m.m. |
13 105,0 |
14 992,7 |
14,4 |
29.70 Alderdom |
316 740,0 |
335 593,0 |
6,0 |
29.80 Forsørgartap m.m. |
3 643,6 |
3 717,7 |
2,0 |
Sum Sosiale formål, folketrygda |
568 359,3 |
610 855,4 |
7,5 |
Programområde 33 Arbeidsliv, folketrygda | |||
33.30 Arbeidsliv |
13 683,0 |
15 295,0 |
11,8 |
Sum Arbeidsliv, folketrygda |
13 683,0 |
15 295,0 |
11,8 |
Sum Arbeids- og inkluderingsdepartementet |
653 765,1 |
702 424,1 |
7,4 |
Det samla budsjettforslaget for 2025 frå Arbeids- og inkluderingsdepartementet er på 702,4 mrd. kroner. Budsjettforslaget inneber ein samla vekst i utgiftene på om lag 48,7 mrd. kroner, eller 7,4 pst., samanlikna med saldert budsjett for 2024.
Budsjettforslaget for 2025 for dei G-regulerte ytingane inkluderer anslått effekt av reguleringa av grunnbeløpet i folketrygda per 1. mai 2025 og overhenget frå trygdeoppgjeret frå 2024. Som følge av dette aukar utgiftsanslaget for 2025 med til saman 20,2 mrd. kroner.
Endringane samanlikna med saldert budsjett for 2024 blir påverka av at utviklinga i 2024 har avvike frå det som låg til grunn for budsjettforslaget for 2024. Årsaka er bl.a. at veksten i sjukefråvær og antalet mottakarar av arbeidsavklaringspengar blei høgare enn det som var lagt til grunn i budsjettet. For å illustrere dette samanliknar tabellen under forslaget til budsjett for 2025 med siste anslag på rekneskap for 2024 og saldert budsjett for 2024 for utgifter under folketrygda.
Utgifter under folketrygda i mill. kroner1
Nemning |
Saldert budsjett 2024 |
Anslag på rekneskap 2024 |
Forslag 2025 |
Pst. endr. 24/25 frå saldert budsjett |
Pst. endr. 24/25 frå anslag på rekneskap |
---|---|---|---|---|---|
Sosiale formål, folketrygda |
|||||
Sjukepengar |
62 238 |
67 458 |
71 298 |
14,6 |
5,7 |
Arbeidsavklaringspengar |
44 843 |
47 197 |
50 789 |
13,3 |
7,6 |
Uførleik |
126 105 |
125 020 |
132 716 |
5,2 |
6,2 |
Alderspensjon |
316 740 |
316 570 |
335 593 |
6,0 |
6,0 |
Anna2 |
18 434 |
19 336 |
20 460 |
11,0 |
5,9 |
Dagpengar |
12 818 |
12 760 |
14 315 |
11,7 |
12,2 |
Sum |
581 178 |
588 341 |
625 170 |
7,6 |
6,3 |
1 Statsgaranti for lønnskrav ved konkurs m.m. er ikkje inkludert i denne oversikta.
2 «Anna» inkluderer stønad til einsleg mor og far, grunn- og hjelpestønad, hjelpemiddel m.m., etterlatne og stønad ved gravferd.
Ei oversikt over realveksten for sentrale ytingar i folketrygda under Arbeids- og inkluderingsdepartementet er gitt i tabellen Utviklinga i ytingane frå folketrygda etter stønadstype 2009–2025 under punkt 3.8 Utvikling i utgiftene frå folketrygda.
2.2 Satsingar og hovudprioriteringar
Budsjettforslaget frå Arbeids- og inkluderingsdepartementet bygger opp under ein velfungerande arbeidsmarknad og eit meir inkluderande arbeidsliv som skal stimulere til arbeid og sjølvforsørging.
Regjeringa sine tiltak og verkemiddel skal møte dei langsiktige utfordringane med å
-
auke sysselsettinga
-
skape eit sikkert, seriøst og meir inkluderande arbeidsliv
-
utforme gode velferdsordningar
-
bidra til god integrering og deltaking i arbeidslivet for flyktningar og fordrivne
Nedanfor følger ein overordna omtale av dei viktigaste satsingane og prioriteringane for 2025 på Arbeids- og inkluderingsdepartementet sine ansvarsområde.
Boks 2.1 Regjeringa sine viktigaste tiltak i arbeids-, integrerings- og velferdspolitikken
-
Arbeidsmarknadstiltak – Regjeringa foreslår at den samla løyvinga til arbeidsmarknadstiltak blir auka med 468 mill. kroner i 2025. Det vil gi grunnlag for å forsterke og forbetre arbeidsmarknadspolitikken i tråd med forslag i Meld. St. 33 (2023–2024) En forsterket arbeidslinje.
-
Forsøk med arbeidsretta ungdomsprogram med ny ungdomsyting – Regjeringa foreslår ei løyving på 30 mill. kroner til ny saksbehandlingsløysing.
-
Tilskot til arbeids- og utdanningsreiser og funksjonsassistanse i arbeidslivet – Regjeringa foreslår å auke løyvinga med 32 mill. kroner i 2025.
-
Lågterskeltilbod for unge med sammensatte behov – 17 mill. kroner.
-
Auke tilskot til Jobbsjansen med 68 mill. kroner for at fleire innvandrarkvinner som står langt frå arbeidsmarknaden skal komme i jobb eller utdanning.
-
Varig tilrettelagt arbeid (VTA) – Regjeringa foreslår å auke løyvinga med 73,5 mill. kroner til 500 fleire plassar i VTA i 2025.
-
Meir fleksible reglar for uføre som kjem tilbake i arbeid – 12,4 mill. kroner.
-
Betre bruk av ukrainsk kompetanse i den norske arbeidsmarknaden gjennom utvikling av samanhengande digitale tenester – 10 mill. kroner.
-
Styrke arbeidet mot negativ sosial kontroll og æresrelatert vald med til saman 10,5 mill. kroner.
-
Skjermingstillegg til uføre alderspensjonistar – Regjeringa foreslår å utvide skjermingstillegget til også å omfatte årskulla 1954–1962 – 393 mill. kroner i 2025.
-
Tiltak for å førebygge barne- og ungdomskriminalitet – Regjeringa foreslår å auke tilskot til områdesatsingar og gi tilskot til sosiale møteplassar for gutar og unge menn – til saman 20 mill. kroner.
-
Styrkt innsats mot useriøsitet og sosial dumping – Regjeringa foreslår auka løyving til Arbeidstilsynet med 18 mill. kroner. Regjeringa vil også auke støtta til Fair Play Bygg Norge med 2 mill. kroner.
-
Arbeids- og velferdsetaten si driftsløyving aukar med 100 mill. kroner for å møte utfordringa med lange saksbehandlingstider og betre kvaliteten i saksbehandlinga.
-
Arbeids- og velferdsetaten si driftsløyving aukar med 75 mill. kroner for å styrke den arbeidsretta oppfølginga i NAV-kontora.
-
Prosjekt 4 i IKT-moderniseringa i Arbeids- og velferdsetaten blir ført vidare i 2025 for å tilby nye og gode tenester til både arbeidsgivarar og personbrukarar når det gjeld bl.a. dagpengar, arbeidsavklaringspengar og dei arbeidsretta tenestene i etaten – 444,9 mill. kroner.
-
Førebuing av ei større modernisering på pensjons- og utbetalingsområda i Arbeids- og velferdsetaten. Regjeringa foreslår å løyve 77 mill. kroner til risikoreduserande tiltak og eit forprosjekt for ei slik modernisering av områda.
-
Vidareføre auka kapasitet i IMDi med 60 mill. kroner til å handtere busetting og integrering av fordrivne frå Ukraina.
-
Styrke statsforvaltarene sitt arbeid på integreringsfeltet ved å auke rettleiing og tilsyn med kommunane etter integreringslova – 20 mill. kroner.
-
Ny modell for kjøp av tolketenester frå frilanstolkar – 40 mill. kroner
-
Oppretthalde gjenbruksnivået av hjelpemiddel på hjelpemiddelsentralane – 50 mill. kroner
-
Kortare leveringstid for spesialtilpassa kassebil – Regjeringa foreslår å legge om ordninga slik at Arbeids- og velferdsetaten førehandsbestillar bilane – 17,1 mill. kroner.
2.2.1 Arbeidsmarknadspolitikken
Arbeidsmarknadspolitikken skal bidra til ein velfungerande arbeidsmarknad med god utnytting av arbeidskrafta. Det er sentralt å styrke jobbsjansane for personar som har problem med å skaffe seg arbeid på eiga hand. Fleire sektorar har og eit stort behov for arbeidskraft. Det er vidare viktig å motverke utstøyting og diskriminering og sikre eit tilrettelagt arbeidstilbod for grupper som treng det.
Sysselsettinga er framleis på eit høgt nivå, sjølv om veksten har vært liten det siste året. Arbeidsløysa i arbeidskraftundersøkinga har auka frå eit lavt nivå til om lag gjennomsnittet for tiårsperioden før pandemien. Knappleiken på arbeidskraft har dempa seg noko og omfanget av ledige stillingar har så langt i år falt, men er framleis på eit høgt nivå.
Sjå også nærmare omtale i punkt 6.1 Ein velfungerande arbeidsmarknad med god utnytting av arbeidskrafta, 6.4 God inkludering av utsette grupper i arbeidsmarknaden og programkategori 09.30 Arbeidsmarknad.
Arbeidsmarknadstiltak
Det er mange som treng bistand for å komme i arbeid og som vil betre sjansane sine for å komme i jobb ved å delta i arbeidsmarknadstiltak. Tal for registrerte ledige og tal for personar med nedsett arbeidsevne har auka det siste året og det er ikkje venta nokon nedgang i 2025. Regjeringa ser behov for å styrke den aktive arbeidsmarknadspolitikken og foreslår å auke løyvinga til arbeidsmarknadstiltak i 2025 med 468 mill. kroner.
Fleire studiar finn at arbeidsmarknadstiltak har ein positiv effekt på sysselsetting.1 Særleg har tiltak som lønnstilskot og opplæring vist gode resultat.2 Ei auka satsing på arbeidsmarknadstiltak kan gi rom for meir bruk av desse tiltaka og annan bistand som kan bidra til at fleire kjem i arbeid. Regjeringa vil i mindre grad enn tidlegare endre løyvinga til arbeidsmarknadstiltak ved konjunkturendringar.
Sjå nærmare omtale under kap. 634 Arbeidsmarknadstiltak.
Forsøk med arbeidsretta ungdomsprogram med ny ungdomsyting
Regjeringa vil etablere forsøk med eit nytt arbeidsretta ungdomsprogram med ei ny yting, der helsetilstand ikkje er et inngangsvilkår. Programmet skal gi tett oppfølging og sett krav om deltaking i arbeidsretta aktivitet. Målet er å auke overgangen til jobb og utdanning, og førebygge og avgrense tilstrøyminga til helserelaterte ytingar. Regjeringa tar sikte på å starte forsøket hausten 2025, og foreslår å løyve 30 mill. kroner til ei ny saksbehandlingsløysing.
Sjå nærmare omtale under kap. 605 post 01.
Fleire plassar i varig tilrettelagt arbeid (VTA)
Regjeringa foreslår å auke løyvinga til VTA, inkludert personellressursar i Arbeids- og velferdsetaten, med 73,5 mill. kroner. Det vil gi rom for om lag 500 fleire plassar i 2025.
I Prop. 1 S (2023–2024) la regjeringa fram ein fireårig opptrappingsplan for VTA (2024–2027) som oppfølging av oppmodingsvedtak 605 av 18. april 2023.
Sjå nærmare omtale under kap. 634, post 77.
Arbeids- og utdanningsreiser og funksjonsassistanse
Regjeringa foreslår å auke løyvinga til tilskot til arbeids- og utdanningsreiser og funksjonsassistanse i arbeidslivet med 32 mill. kroner samla i 2025 samanlikna med Saldert budsjett 2024.
Sjå nærmare omtale under kap. 634, post 78 og 79.
2.2.2 Integrering av flyktningar og fordrivne
Regjeringa sin integreringspolitikk skal bidra til å få fleire i arbeid, at fleire lærer seg norsk, fremme likestilling og kjempe mot negativ sosial kontroll. Flyktningar skal bli busett raskt og treffsikkert i alle delar av landet. Alle innvandrarar skal bli møtt med dei same forventningane, og det skal vere mogleg for dei, som for alle andre, å kunne delta fullt ut på alle samfunnsområde. Vi skal stille krav, men vi skal også stille opp.
Russland sin fullskalainvasjon i Ukraina har ført til ein stor auke i talet på flyktningar til Noreg. Sidan februar 2022 har det komme over 80 000 fordrivne frå Ukraina, per 1. september 2024. Samtidig kjem det også fleire frå andre land, som frå Eritrea, Syria og Afghanistan. Også i 2025 er det venta at det vil komme svært mange flyktningar. Busetting og integrering av desse vil prege arbeidet også i året som kjem.
Regjeringa er innstilt på å halde fram med å bidra og å ta imot fordrivne frå Ukraina. Samtidig skal det antalet som kjem til Noreg vere berekraftig over tid. Derfor har regjeringa sidan hausten 2023 lansert fleire tiltak for å få innreisetala meir på nivå med våre naboland. Tiltaka kan synest å ha hatt effekt, og innreisetala i 2024 har fram til september vore om lag 40 pst. lågare enn i 2023. Reduserte innreisetal bidrar til å dempe presset på kommunane og sikre eit forsvarleg tenestetilbod.
På same tid er det å hjelpe flyktningane ut i arbeid og sjølvforsørging den beste måten å sikre berekraft. Tal frå SSB viser at 27 pst. av dei busette fordrivne i alderen 20–66 år var i arbeid i juli 2024. Butid har mykje å seie for sysselsettinga, og tal frå Arbeids- og velferdsetaten syner at 40 pst. av dei fordrivne som kom i 2022 er sysselsett. Mange har behov for noko kvalifisering før dei er klare til å arbeide, og majoriteten av dei fordrivne har nytta seg av tilbodet om introduksjonsprogram og norskopplæring. Av dei omtrent 10 000 fordrivne frå Ukraina som hadde gjennomført introduksjonsprogrammet ved utgangen av 2023, var 48 pst. i arbeid i mars 2024 (tal frå SSB).
Regjeringa er samtidig opptatt av å ivareta den breie integreringspolitikken for alle grupper av innvandrarar og etterkommarane deira.
Betre bruk av ukrainsk kompetanse i den norske arbeidsmarknaden
Det er behov for å hjelpe og legge til rette for at fordrivne raskt kan nytte kompetansen sin i den norske arbeidsmarknaden. Regjeringa foreslår 10 mill. kroner til tiltak for etablere samanhengande digitale tenester frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir). Tiltaka skal bidra til enklare saksbehandling, raskare vedtak om godkjent utdanning, meir målretta karriererettleiing, og rettleiing om ukrainsk utdanning og kompetanse til norske arbeidsgivarar.
Sjå nærmare omtale under kap. 672, post 45.
Tiltak for å førebygge barne- og ungdomskriminalitet
Det har over tid vore ein auke i registrert kriminalitet blant barn og unge, særleg i gruppa under 15 år. Det er ei lita gruppe som gjentar alvorleg kriminalitet, og som står for mykje av auken for aldersgruppa. Det har også vore ein markant auke i talet på innsettingar av mindreårige i fengsel dei to siste åra. Regjeringa foreslår totalt 405 mill. kroner til arbeidet mot barne-, ungdoms- og gjengkriminalitet, bl.a. auka ressursar til førebygging i kommunar med dei største kriminalitetsutfordringane over tid: Oslo, Bergen, Kristiansand, Trondheim og andre kommunar som er særleg utsett for kriminalitet. Personar med innvandrarbakgrunn er både meir utsette for kriminalitet, og dei utførar oftare kriminalitet enn andre innbyggarar. Gjennom satsingar i utsette område, og i samarbeid med aktuelle kommunar, førebygger regjeringa bl.a. kriminalitet og legg til rette for betre levekår, deltaking og inkludering ved å skape trygge lokalsamfunn og møteplassar.
Regjeringa vil i 2025 sette i verk ei satsing for å førebygge kriminalitet blant barn og unge. Regjeringa vil bl.a. styrke områdesatsingar i nokon utsette område gjennom auka innsats mot kriminalitet blant barn og unge, og foreslår auka tilskot på 10 mill. kroner over Arbeids- og inkluderingsdepartementets budsjett. Tilskotet skal gå til førebygging av kriminalitet blant barn og unge i områda Oslo sør og Oslo indre øst.
Regjeringa foreslår også 10 mill. kroner til tilskot til sosiale møteplassar for gutar og unge menn. Tilskotet skal vere målretta mot å førebygge kriminalitet, og skal bidra til å hindre rekruttering til kriminelle miljø i utsette område. Løyvinga inkluderer ein ressurs til saksbehandling og oppfølging i IMDi.
Sjå nærmare omtale under kap. 671, post 62 og kap. 671, post 71.
Auka tilskot til Jobbsjansen
For mange innvandrarkvinner står langt frå arbeidslivet. Regjeringa vil at fleire skal komme inn i og få stabil tilknyting til arbeidslivet. Gjennom tilpassa oppfølging bidrar tilskotsordninga Jobbsjansen til at fleire heimeverande innvandrarkvinner får kvalifiseringa dei treng for å komme inn i arbeid eller utdanning. Ordninga har i ei årrekke hatt gode resultat når det gjeld overgang til arbeid og utdanning. Dei siste fem åra har rundt 75 pst. av deltakarane gått rett over til arbeid eller utdanning etter enda program. Regjeringa foreslår å auke tilskot til Jobbsjansen med 68 mill. kroner i 2025. Det gir ei ytterlegare styrking av ordninga utover auken som blei avgjort i samanheng med Revidert nasjonalbudsjett 2024.
Sjå nærmare omtale under kap. 671, post 62.
Vidareføring av auka kapasitet i Integrerings- og mangfaldsdirektoratet for å handtere flyktningstraumen frå Ukraina
Sidan 2022 har IMDi fått midlertidig auka løyving for å handtere den store flyktningstraumen frå Ukraina. IMDi vil framleis ha stor oppgåvemengde knytt både til høg busetting i 2025 og til å følge opp den rekordhøge busettinga frå dei føregåande åra. IMDi skal bl.a. rettleie kommunane i arbeidsretta integreringsarbeid og vere pådrivar og samordnar i integreringspolitikken. Regjeringa foreslår at den midlertidige auken i løyvinga til IMDi blir vidareført med 60 mill. kroner.
Sjå nærmare omtale under kap. 670, post 01.
Styrke statsforvaltarane sitt arbeid på integreringsfeltet
Det er for store kommunale og fylkesvise forskjellar i kvalifiseringstilbodet som blir gitt til fordrivne frå Ukraina og andre flyktningar. Regjeringa foreslår 20 mill. kroner meir til statsforvaltarane, for å sette dei i betre stand til å gjennomføre rettleiing og tilsyn med integreringsarbeidet i kommunane etter integreringslova. Styrkinga skal bidra til høgare kvalitet og redusert ulikskap i kvalifiseringstilbodet til nytilkomne flyktningar og til at fleire flyktningar kjem i arbeid.
Sjå nærmare omtale under kap. 1520, post 01 i Prop. 1 S (2024–2025) for Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet.
Styrke arbeidet mot negativ sosial kontroll og æresrelatert vald
Regjeringa styrkar arbeidet mot negativ sosial kontroll, æresrelatert vald, tvangsekteskap og kjønnslemlesting med til saman 10,5 mill. kroner i budsjettet for 2025. Mangfaldsrådgivarane har spisskompetanse om tematikken, og dei gjer eit viktig arbeid med å følge opp elever og tilsette på vidaregåande skolar, ungdomskolar og vaksenopplæringssenter rundt i heile landet. Regjeringa foreslår å styrke ordninga med om lag fire årsverk i 2025. Vidare foreslår regjeringa å styrke kompetanseteamet mot negativ sosial kontroll og æresrelatert vald med 2,5 mill. kroner. Kompetanseteamet er eit nasjonalt, tverretatleg team som rettleiar tilsette i hjelpetenestene som møter utsette personar i sitt arbeid, og enkeltpersonar som sjølv tar kontakt for å få hjelp. Regjeringa foreslår vidare å styrke det nasjonale bu- og støttetilbodet til personar over 18 år utsett for negativ sosial kontroll og æresrelatert vald med 3,5 mill. kroner, slik at fleire utsette kan få plass i tilbodet. I tillegg foreslår regjeringa å auke tilskotet til det regionale arbeidet med kompetanseheving overfor dei ordinære tenestene til dei fem regionale ressurssentra om vald, traumatisk stress og sjølvmordsførebygging (RVTS) med 0,5 mill. kroner.
Sjå nærmare omtale under kap. 670, post 01, kap. 671, post 62, kap. 671, post 73 og kap. 858, post 01 under Barne- og familiedepartementet.
2.2.3 Styrkt innsats mot useriøsitet og sosial dumping
Eit styrkt og nærverande Arbeidstilsyn
Det norske arbeidslivet blir utfordra av useriøse aktørar, sosial dumping og låg organisasjonsgrad i utsette bransjar. Arbeidstilsynet har ei viktig rolle i å hindre at menneske blir utnytta og utsette for sosial dumping. Arbeidstilsynet skal også legge premissar for, og følgje opp at verksemder held eit høgt nivå på helse, arbeidsmiljø og tryggleik.
Regjeringa har lansert ei rekke regelverksendringar for å styrke arbeidet mot useriøsitet og sosial dumping i arbeidslivet. Det er viktig at oppfølginga av dette tiltar i styrke, slik at tilsyn med dei innførte regelverksendringane får eit tilstrekkeleg omfang. Arbeidstilsynet må vere meir synleg og fysisk til stades i dei bransjane eller verksemdene der det er størst risiko for brot på reglane.
Arbeidstilsynet sitt fremste verkemiddel mot useriøsitet og sosial dumping er fysiske tilsyn og å vere synlege på arbeidsplassar. Ei styrking vil gjere Arbeidstilsynet i stand til å gjennomføre fleire og meir målretta tilsyn. Regjeringa foreslår derfor å auke løyvinga til Arbeidstilsynet med 18 mill. kroner.
Regjeringa vil også auke støtta til Fair Play Bygg Norge med 2 mill. kroner.
Sjå også omtale under punkt 6.2 Eit sikkert og seriøst arbeidsliv, og kap. 640 Arbeidstilsynet.
2.2.4 Hjelpemiddelområdet
Kortare leveringstid for spesialtilpassa kassebilar
Personar som har rett til spesialtilpassa kassebilar, er avhengige av slike bilar for å kome seg til arbeid og for å gjennomføre oppgåver i dagleglivet. Det er derfor viktig at leveringstida for slike bilar er så kort som mogleg.
I dag bestiller Arbeids- og velferdsetaten bilar først etter at det er fatta vedtak om stønad til bil. Etter at bilen er bestilt er det ein lang og tidkrevjande prosess før den kjem til Noreg, slik at ombyggingane av bilane kan starte. Slik tilpassing til brukaranes individuelle behov blir gjort hos ein ekstern ombyggar og kan vere komplisert og tidkrevjande.
For å redusere sannsynet for at personar som treng spesialtilpassa bilar blir ståande utan bil over lengre tid, foreslår regjeringa å legge om ordninga slik at Arbeids- og velferdsetaten førehandsbestillar bilane. Da kan ombygginga av bilane starte kort tid etter at det er fatta vedtak om stønad til bil. Dette kan redusere den totale leveringstida for spesialtilpassa kassebil med om lag seks til tolv månader.
Regjeringa foreslår å auke driftsløyvinga til Arbeids- og velferdsetaten med 17,1 mill. kroner i 2025 for å dekke eingongsutgiftene knytt til omlegginga av ordninga. Arbeids- og velferdsetaten vil i så fall kunne starte å bestille bilar etter den nye ordninga i 2026.
Sjå nærmare omtale under del II, punkt 6.8.4 Hjelpemiddel og programkategori 09.10 for nærmare omtale.
Ny modell for kjøp av tolketenester frå frilanstolkar
Tolketenester til personar som er døve, har dårleg høyrsel og døvblinde blir gitt både av faste tilsette i Arbeids- og velferdsetaten og frilans teiknspråktolkar. Arbeids- og velferdsdirektoratet har på sjølvstendig og generelt grunnlag komme fram til at det er behov for å sjå på andre modellar for anskaffing av tolketenester frå frilans teiknspråktolkar. Dette har seinare blitt bekrefta av Klagenemnda for offentlege anskaffingar (sak 2023/1099). Direktoratet er for tida i gang med å legge om til ein rammeavtale med ein eller fleire leverandørar. Regjeringa foreslår ei løyving på 40 mill. kroner til ny modell for kjøp av tolketenester frå frilanstolkar.
Sjå nærmare omtale under del II, punkt 8 Inkludering i samfunnet og gode levekår, programkategori 29.60, samt under programkategori 09.10, kap. 605, post 01.
Oppretthalde gjenbruksnivået av hjelpemiddel på hjelpemiddelsentralane
For å bidra til å oppretthalde gjenbruksnivået på hjelpemiddelsentralane, foreslår regjeringa å auke løyvinga til Arbeids- og velferdsetaten med 50 mill. kroner. Auka brukarvekst på dette området gir behov for å auke ressursar knytt til gjenbruk av hjelpemiddel på hjelpemiddelsentralane. Auka gjenbruk er både samfunnsøkonomisk lønnsamt og berekraftig.
Sjå nærmare omtale under del II, kap. 605, post 01 og kap. 2661, post 75.
2.2.5 Meir fleksible reglar for uføre som kjem tilbake i arbeid
Regjeringa vil gjere det lettare å kombinere trygd og arbeid. Våren 2024 hadde departementet på høyring eit forslag om meir fleksible reglar for uføre som er på veg mot full jobb. Forslaget gjeld ei utviding av unntak frå tilbakekrevjing av uføretrygd (og uførepensjon frå offentleg tenestepensjon) når årsinntekta overstig 80 pst. av tidlegare inntekt ved såkalla arbeidsforsøk. Forslaget opnar for å gjere unnataket for tilbakekrevjing meir fleksibelt slik at uføre kan prøve seg i arbeid fleire gonger, utan fare for å få eit tilbakebetalingskrav. I dag kan det berre gjerast unntak for eitt arbeidsforsøk.
Høyringsinstansane har vore positive til å utvide unntaket. Departementet tar sikte på å fastsette endringar innan årsskiftet, og at dei nye reglane kan gjerast gjeldande for etteroppgjeret for 2024. Regjeringa foreslår ei løyving på 12,4 mill. kroner. Sjå nærmare omtale under del II, programkategori 29.50, kap. 2655.
2.2.6 Arbeids- og velferdsetaten
Situasjonen i ytingsforvaltninga er krevjande med betydelege restansar og for lang saksbehandlingstid på fleire område. I tillegg er det i ytingsforvaltninga kvalitetsutfordringar som er identifisert gjennom hhv. Arbeids- og velferdsetatens eigne kvalitetsgjennomgangar og NOU 2023: 11 Raskt og riktig. Arbeids- og velferdsetaten fortsett å arbeide målretta og systematisk for å betre kvaliteten i saksbehandlinga.
For 2025 foreslår regjeringa ei varig styrking av ramma til etaten med 100 mill. kroner for å møte utfordringa med lange saksbehandlingstider og betre kvaliteten i saksbehandlinga.
For å styrke den arbeidsretta oppfølginga i NAV-kontora foreslår regjeringa å auke driftsløyvinga til Arbeids- og velferdsetaten med 75 mill. kroner. Dette er ei vidareføring av bemanningsauken frå Revidert nasjonalbudsjett 2024.
IKT-modernisering i Arbeids- og velferdsetaten
Ei modernisering av IKT-systema i Arbeids- og velferdsetaten har vore og er nødvendig for å skifte ut svært gamle system som ikkje tilfredsstiller krav til sikkerheit og brukarvennlege tenester. Systema medfører også unødvendig mykje manuell behandling i ytingsforvaltninga, og gjer det vanskeleg å implementere politiske reformer. Formålet er å bidra til betre tenester for brukarane, ei einskapleg og effektiv arbeids- og velferdsforvaltning og betre tenester overfor offentlege og private samarbeidspartnarar.
IKT-moderniseringa inneber eit langsiktig utviklingsløp. Moderniseringa består i 2025 av Prosjekt 4
Prosjekt 4 skal legge til rette for å ta kritisk funksjonalitet ut av Arena og fase ut Abetal. Desse systema handterer i dag bl.a. vesentlege ytingsområde som dagpengar og arbeidsavklaringspengar. I prosjektet moderniserer Arbeids- og velferdsetaten også tenesteytinga og forvaltninga av arbeidsmarknadstiltaka.
For 2025 foreslår regjeringa ei løyving på 444,9 mill. kroner til Prosjekt 4 i IKT-moderniseringa i Arbeids- og velferdsetaten.
Pensjons- og utbetalingsområda
Utbetaling av ytingar frå Arbeids- og velferdsetaten og saksbehandling på pensjonsområdet er samfunnskritiske oppgåver for bl.a. å sikre livsopphald.
På pensjons- og utbetalingsområda er det nødvendig å gjennomføre risikoreduserande tiltak no, samtidig som Arbeids- og velferdsetaten planlegg for ei grunnleggande modernisering fram i tid.
Regjeringa foreslår å auke driftsløyvinga til Arbeids- og velferdsetaten med 77 mill. kroner til risikoreduserande tiltak på pensjons- og utbetalingsområda, og eit forprosjekt for ei større modernisering av dei same områda.
Sjå programkategori 09.10 for nærmare omtale av tiltaka ovanfor.
2.2.7 IA-avtalen
Dagens IA-avtale gjeld for 2019–2024. Regjeringa er hausten 2024 i forhandlingar med partane i arbeidslivet om korleis ein eventuell ny avtale skal bli tatt vidare.
Det blir foreslått å vidareføre den økonomiske ramma til tiltak i avtalen i 2025. Forslaget til fordeling av ramma til verkemiddel som er ein del av IA-avtalen, kan bli endra som følge av forhandlingar om IA-samarbeidet. Regjeringa vil i så fall komme tilbake til Stortinget på egna måte om dette.
2.2.8 Pensjonsreforma
For å styrke berekrafta i pensjonssystemet og sikre ei god fordeling av byrder og gode mellom generasjonar blei pensjonsreglane lagde om frå 2011. Pensjonsreforma vil i betydeleg grad bidra til å dempe utgiftsveksten som følger av ei aldrande befolkning, samtidig som dei nye reglane gir gode insentiv til arbeid. Pensjonsreforma er ei grunnleggande endring av det norske pensjonssystemet, der mange av endringane kjem gradvis, og der full effekt av reforma ligg langt fram i tid. Regjeringa vil trygge framtidas pensjonar gjennom ein ansvarleg økonomisk politikk, og held fram med å gjennomføre pensjonsreforma.
Sjølv om hovudprinsippa i pensjonsreforma ligg fast, er det på enkelte punkt behov for justeringar for å sikre at pensjonssystemet gir ein trygg og verdig alderdom for alle. For å sikre berekrafta er det sentralt at fleire står lenger i jobb, slik at aldringa av befolkninga blir møtt med lengre yrkesliv. I tillegg er også eit viktig mål at pensjonssystemet er sosialt berekraftig, der pensjonssystemet er og blir opplevd som rettferdig, og der byrder og gode blir jamt fordelte over generasjonane.
Pensjonsutvalet leverte rapporten sin, NOU 2022: 7 Et forbedret pensjonssystem, til Arbeids- og inkluderingsdepartementet 16. juni 2022. Eit samla utval viste til at pensjonsreforma var nødvendig for å avgrense veksten i utgiftene til alderspensjon frå folketrygda og betre berekrafta i offentlege finansar. Utvalet peikte samtidig på behov for justeringar for å styrke den sosiale berekrafta i pensjonssystemet.
Pensjonsmeldinga og pensjonsavtalen
Regjeringa la fram Meld. St. 6 (2023–2024) Et forbedret pensjonssystem med en styrket sosial profil 15. desember 2023. I meldinga foreslår regjeringa ei rekke tiltak for å styrke den sosiale berekrafta til pensjonssystemet, bl.a. ein gradvis auke av aldersgrensene, ei betre regulering av minsteytingane samt styrking av alderspensjon til uføre i yngre årskull. Arbeids- og sosialkomiteen leverte si innstilling Innst. 233 S (2023–2024) 14. mars 2024. Med innstillinga følgde ein avtale mellom regjeringspartia og partia Høgre, Sosialistisk Venstreparti, Venstre, Kristeleg Folkeparti og Miljøpartiet Dei Grøne. Avtalen inneber at vi no har eit historisk bredt forlik i pensjonspolitikken som støttar opp under målet om gode og føreseielege pensjonar for både dagens og framtidas generasjonar.
Avtalepartane stiller seg i hovudsak bak forslaga som regjeringa la fram i Meld. St. 6 (2023–2024). Vidare har avtalepartane bl.a. blitt einige om å opprette ei sliterordning i folketrygda samtidig med dei andre endringane i pensjonssystemet, ikkje attinnføre plikten til å fråtre ved særaldersgrensa, auke den alminnelege aldersgrensa for statstilsette og at det skal utarbeidast ein heilskapleg strategi for informasjon på pensjonsområdet. Avtalen seier vidare at skjermingstillegget i alderspensjon til tidlegare mottakarar av uføretrygd skal utvidast til også å omfatte årskulla 1954–1962. Regjeringa foreslår at skjermingstillegget blir utvida med verknad frå 2025. Som følge av dette aukar løyvinga til alderspensjon i 2025 med 393 mill. kroner. Sjå nærmare omtale under programkategori 29.70 Alderdom.
Departementet tar sikte på å sende forslag om auka aldersgrenser i pensjonssystemet og tilgrensande ordningar, samt ei sliterordning i folketrygda, på høyring i løpet av kort tid. Auka aldersgrenser i pensjonssystemet og ei ny sliterordning i folketrygda vil kreve omfattande arbeid med systemutvikling i Arbeids- og velferdsetaten. Som følge av dette foreslår regjeringa å auke driftsløyvinga til Arbeids- og velferdsetaten med 49 mill. kroner.
Sjå nærmare omtale under programkategori 09.10, kap. 605.
2.2.9 Administrative førebuingar i Statens pensjonskasse for innføring av ny offentleg tenestepensjon
Stortinget har vedtatt ny tenestepensjon i offentleg sektor, jf. Prop. 87 L (2018–2019), Innst. 314 L (2018–2019) og Lovvedtak 72 (2018–2019). Den nye tenestepensjonen vil få verknad for utbetalt pensjon når 1963-kullet fyller 62 år, dvs. frå 2025. Som følge av dette gjennomfører Statens pensjonskasse (SPK) administrative førebuingar. I 2023 ble det gjennomført ei ekstern kvalitetssikring (KS2) av kostnadsrammer og usikkerheit for fase tre.
Departementet orienterte Stortinget om resultatet av KS2 våren 2023. På bakgrunn av KS2-rapporten tilrådde regjeringa overfor Stortinget i Prop. 118 S (2022–2023) Tilleggsløyvingar og omprioriteringar i statsbudsjettet 2023 at Pro 25 fase tre starta opp i 2023, med ei kostnadsramme på 391 mill. 2023-kroner inkl. mva. På bakgrunn av Innst. 490 S (2022–2023) blei dette vedtatt av Stortinget, jf. romartalfullmakt XIV. Merknader og tilrådingar frå kvalitetssikringa er følgt opp.
Sjå nærmare omtale under programkategori 09.50.
3 Sysselsetting, levekår, integrering og utvikling i sentrale inntektssikringsordningar
3.1 Innleiing
Høg sysselsetting og høg samla produktivitet er grunnlaget for høg verdiskaping. Ein omfattande offentleg finansiert velferdsstat er avhengig av høg yrkesdeltaking. For den enkelte betyr det å ha ein jobb både stabil inntekt, personleg utvikling og deltaking på ein sosial arena. At mange er i arbeid, er ei viktig årsak til den relativt jamne inntektsfordelinga i Noreg.
Etterspørselen etter arbeidskraft er framleis høg, sjølv om aktiviteten i økonomien har dempa seg noko. Ein høg andel av befolkninga er i jobb og den registrerte arbeidsløysa ligg under gjennomsnittet for dei siste 20 åra.
Yrkesdeltakinga blant kvinner og eldre er høg i Noreg samanlikna med mange andre land i Europa, mens sysselsettinga blant menn i alderen 25–54 år er som gjennomsnittet for EU og under nivået i bl.a. Sverige og Tyskland. Gjennomsnittleg arbeidstid i Noreg per sysselsatt er lågare enn gjennomsnittet i EU. Men målt per innbyggar er arbeidstida om lag som dei andre EU-landa i gjennomsnitt.
Den demografiske utviklinga påverkar utgiftene til dei rettsbaserte ordningane i folketrygda. Vi lever stadig lenger. Befolkningsframskrivingar viser at mens det no er fire personar i yrkesaktiv alder per person over 67 år, vil dette talet vere nesten halvert i 2060. Det har betydning for berekrafta i velferdsstaten. Ein stadig større del av ressursane i samfunnet vil i åra framover gå til å sikre ein trygg og verdig alderdom, noko som vil stille offentlege finansar, pensjonssystemet og dei andre velferdsordningane overfor store utfordringar. Ein auke i deltakinga i arbeidslivet, vil bidra til å gjere velferdsordningane meir berekraftige.
God velferd i framtida er avhengig av god tilgang på arbeidskraft. Sjølv om arbeidsinnvandring har bidratt til høg aktivitet når etterspørselen i periodar har vore stor, kan ikkje det vere ei løysing på varig basis. I tillegg har dei fleste europeiske land dei same demografiske utfordringane knytt til aldring. Derfor må dei innanlandske arbeidskraftreservane mobiliserast. Det er viktig å legge til rette for at fleire kan jobbe heiltid, og derfor sørge for god bruk av den arbeidskrafta som allereie er i jobb. I tillegg er det viktig å inkludere fleire i arbeid og få fleire til å jobbe lenger.
I dag er det for mange i yrkesaktiv alder som står utanfor arbeidslivet. Andelen mottakarar av helserelaterte ytingar er høg i Noreg samanlikna med i andre OECD-land. Denne andelen har halde seg relativt stabil dei siste tiåra. Mange stønadsmottakarar kan dels vere eit uttrykk for at Noreg har ein godt utbygd velferdsstat med mål om økonomisk og sosial utjamning. Personar med låg formell kompetanse, personar med helseproblem, unge og nokre innvandrargrupper er overrepresenterte blant dei som har problem med å få eller halde på ein jobb. Unge utan vidaregåande opplæring risikerer å få ein ustabil yrkeskarriere med lengre periodar utan jobb og med låg pensjonsopptening.
Det store fleirtalet i den norske befolkninga har høg levestandard og gode levekår. Ein godt fungerande arbeidsmarknad med høg sysselsetting og eit velorganisert arbeidsliv med koordinert lønnsdanning og små lønnsforskjellar utgjer eit viktig grunnlag for velferd og utjamning.
Med bakgrunn i ei bekymring knytta til aukande lønnsforskjellar i fleire OECD-land, sette regjeringa i mars 2023 ned eit partsamansatt utval for å sjå nærmare på omfanget av låglønn i Noreg. I juni 2024 fekk Arbeids- og inkluderingsdepartementet NOU 2024: 11 Lavlønn i Norge. Utvalet fann at lønnsforskjellane auka frå 1997 til 2015, men dei har vore stabile sidan 2015. Også omfanget av låge lønningar auka i same periode, og låg om lag på same nivå i 2023 som i 2015. Ifølge utvalet fungerer systemet for lønnsdanninga godt for å avgrense omfanget av låglønn. Rapporten er no på høyring med høyringsfrist 31. oktober 2024.
Ein sterk velferdsstat med gode offentlege tenester og velferdsordningar som omfattar alle, er viktig for alle innbyggarar, men betyr ekstra mykje for utsette grupper. Også eit omfordelande skattesystem bidrar til å jamne ut forskjellar i levekår.
Arbeidsmiljøstandarden i Noreg er høg. I enkelte bransjar og yrke er det likevel utfordringar når det gjeld helse og sikkerheit. Sosial dumping, useriøsitet og arbeidslivskriminalitet er framleis eit stort problem, med negative konsekvensar for arbeidstakarane det angår, seriøse verksemder og samfunnet elles. Det kan òg bidra til eit todelt arbeidsliv og vil slik sett vere ein trussel mot den norske arbeidslivsmodellen. Målretta og kunnskapsbaserte tiltak, tilpassa regulering, kontroll og samarbeid mellom myndigheitene og partane i arbeidslivet bidrar til å redusere utfordringane i arbeidslivet.
3.2 Situasjonen i arbeidsmarknaden
Sjølv om aktiviteten i økonomien har dempa seg noko, er det framleis høg etterspørsel etter arbeidskraft. Sysselsettingsandelen har gått noko tilbake og det har vore ein moderat auke i arbeidsløysa. Likevel er framleis ein høg andel av befolkninga i jobb, og den registrerte arbeidsløysa ligg under gjennomsnittet for dei siste 20 åra.
Sysselsetting og arbeidsløyse
I underkant av 70 pst. av befolkninga i yrkesaktiv alder (15–74 år) er sysselsette i andre kvartal 2024 når vi justerer for sesongvariasjonar. Det har vore ein moderat auke i sysselsettinga, men sidan befolkninga har auka i same periode har andelen sysselsette minka noko. Sysselsettingsandelen er likevel høgare enn før pandemien.
Talet på registrerte lønnstakarar har auka med 2 000 personar i gjennomsnitt per månad gjennom første halvår i år. Det har vore oppgang i dei aller fleste næringar, med unntak av bygg og anlegg, varehandel og forretningsmessig tenesteyting, der utleie av arbeidskraft inngår.
Antalet ledige stillingar var på eit historisk høgt nivå i 2023, men har det siste året avtatt. Andelen bedrifter som melder om at knappleik på arbeidskraft begrenser produksjonen har også avtatt og ligg no nærmare det historiske gjennomsnittet. I andre kvartal 2024 var det 99 800 ledige stillingar. Det er om lag 20 000 færre enn same kvartal i fjor, ifølge tal frå Statistisk sentralbyrå. Omfanget av ledige stillingar har gått ned med om lag 15 pst. frå første til andre kvartal i 2024, men ligg framleis på eit høgare nivå enn tida før pandemien. Statistikken over nye ledige stillingar meldt til Arbeids- og velferdsetaten viser og at omfanget så langt i år har falle. Sjølv om antalet ledige stillingar har avtatt så langt i år, er tilgangen på ledige stillingar i august 2024 noko høgare enn august 2023 og den ligg framleis godt over gjennomsnittet for dei siste 10 åra. Mange ledige stillingar saman med ei auke i arbeidsløysa kan tyde på auka ubalanse mellom tilbod av kompetanse og etterspurt kompetanse. Ubalansen er størst innan helse- og omsorg og undervisning, kor det er om lag fire gonger fleire ledige stillingar enn antal arbeidssøkarar.
Bevegelsane inn og ut av arbeidsstyrken er høg. Sjølv om både den registrerte arbeidsløysa og arbeidsløysa slik den blir målt i AKU har auka det siste året, har fleire gått frå å være arbeidsledige til sysselsett enn omvendt. Auken i arbeidsløysa skuldast i hovudsak at fleire har meldt seg på i arbeidsmarknaden. Det gjeld særleg unge som ynskjer seg deltidsarbeid ved sidan av utdanning og ukrainarar som melder seg til Arbeids- og velferdsetaten etter fullført introduksjonsprogram. Arbeidsløysa i AKU har auka klart mest og var i juli 2024 4,0 pst., opp frå 3,5 pst. på det lågaste i fjor, og rett i overkant av gjennomsnittet for dei siste 20 åra. Den registrerte arbeidsløysa har auka noko, men frå et svært lågt nivå.
Ved utgangen av august 2024 var det registrert i underkant av 60 800 heilt arbeidsledige, noko som utgjer 2,0 pst. av arbeidsstyrken. Det er 0,2 prosentpoeng eller 6 300 personar høgare enn i august 2023. Videre er om lag 75 900 personar registrerte som arbeidssøkarar, dvs. heilt og delvis ledig og arbeidssøkarar på tiltak, tilsvarande 2,5 pst. Blant dei arbeidsledige er det framleis mange særleg utsette grupper, bl.a. unge under 30 år, enkelte innvandrargrupper, personar utan særleg utdanning og personar som har vore arbeidsledige over lengre tid.
Arbeidsløysa har auka noko i dei fleste yrke, fylke og aldersgrupper. Det har vore dempa aktivitet i bygge- og anleggsbransjen det siste året, og arbeidsløysa har auka mest blant bygge- og anleggsarbeidarar. Det har og vore ein oppgang i andre yrkesgrupper, som bl.a. for industriarbeidarar, reiseliv og butikk- og salgsarbeidarar. Tal frå august viser at halvparten av dei som er registrert som heilt ledige og arbeidssøkar på tiltak hos Arbeids- og velferdsetaten har innvandrarbakgrunn. Samanlikna med august 2023 har det blitt 13 000 eller 20 pst. fleire arbeidsledige med innvandrarbakgrunn, mens antalet utan innvandrarbakgrunn har auka med 4 100 personar eller 6 pst. Ukrainarar utgjer den største gruppa heilt ledige og arbeidssøkarar på tiltak, etterfølgt av personar frå Polen. Videre er det fleire no enn i august 2023 som har vore arbeidssøkarar i over eitt år. Auken har vore klart høgast for dei mellom 40 og 59 år og den har auka mest blant menn.
Arbeidsløysa målt i arbeidskraftundersøkinga (AKU) er normalt høgare enn andelen som er registrert som heilt ledige og personar på tiltak i Arbeids- og velferdsetaten, bl.a. fordi AKU fangar opp fleire nykommarar i arbeidsmarknaden samt unge med utdanning som hovudaktivitet som ynskjer seg ein deltidsjobb. Blant desse er for eksempel dei som ikkje har opparbeidd seg dagpengerettar og som derfor ikkje melder seg som arbeidssøkar hos Arbeids- og velferdsetaten. I 2024 er avstanden mellom den registrerte arbeidsløysa og AKU uvanleg høg. Det er uvisst kva som driver denne forskjellen, men unge er bl.a. overrepresenterte i AKU og mange er under utdanning. Ifølge SSB har 45 pst. av dei unge arbeidsledige utdanning som sin hovudaktivitet i andre kvartal 2024.
Tal frå AKU viser at over 81 pst. av alle i alderen 20-66 år var i arbeidsstyrken (dvs. sysselsette eller arbeidsledige) i 2023. Motstykket til at mange deltar i arbeidslivet er at det er færre som står utanfor arbeidsstyrken. Ifølge Arbeids- og velferdsetaten er andelen for dei mellom 20–66 år utanfor arbeid og utdanning 20,2 pst. i 2023, ein auke på 0,5 prosentpoeng frå 2022. Sidan 2019 har likevel andelen utanfor arbeidslivet gått ned. Fordrivne frå Ukraina trekker opp tala, og utanom desse ville andelen vore 19,5 pst. ved utgangen av 2023, sjå figur 3.3.
Personar som er registrerte med nedsett arbeidsevne og treng ekstra oppfølging frå NAV-kontoret for å få eller behalde arbeid, utgjer ein stor del av dei utanfor arbeid, utdanning og arbeidsmarknadstiltak. Ved utgangen av andre kvartal 2024 var det om lag 229 300 personar, tilsvarande 6,5 pst. av befolkninga i alderen 18-66 år, som var registrerte med nedsett arbeidsevne. Av desse får 66 pst. arbeidsavklaringspengar, mens 10 pst. får uføretrygd. Ytterlegare 6 pst. får ein annan form for statleg yting, og dei fleste av desse var registrerte med sjukmelding.
Sysselsettinga auka med om lag 8 000 personar frå første til andre kvartal i 2024, viser tal frå AKU. Bak dette talet er det store personbevegelsar både inn og ut av arbeidsmarknaden. Flest gjekk frå å være utanfor arbeidsstyrken til sysselsett. Bak dette talet er det truleg mange studentar. Mange gjekk og frå å vere sysselsett til å falle utanfor arbeidsstyrken, bl.a. på grunn av alder, utdanning, permisjonar og sjukdom. Slike straumar gir uttrykk for ei kontinuerleg omstilling i arbeidsmarknaden. Også tal for nye og avslutta jobbar illustrerer ei slik omstilling. Bak ein auke på 27 000 jobbar frå andre kvartal 2023 til andre kvartal 2024, skjuler det seg ein bruttovekst på nesten 314 000 nye jobbar, og eit opphøyr på vel 287 000 jobbar, viser registertal frå SSB.
Nærmare om situasjonen i arbeidsmarknaden for unge
Mange unge har ei lausare tilknyting til arbeidsmarknaden, og sysselsettinga blant unge svingar derfor normalt meir med konjunkturane enn for andre aldersgrupper. I periodar med høg økonomisk aktivitet kjem fleire unge i arbeid, gjerne i deltidsstillingar i kombinasjon med utdanning. I periodar med mindre etterspørsel etter arbeidskraft er unge meir utsette enn grupper med meir arbeidslivserfaring, sjå figur 3.1. Andelen sysselsette i alderen 15–24 år var på eit rekordhøgt nivå i juni 2023, men sidan har sysselsettinga blant unge falle med 0,8 prosentpoeng til 58,1 pst. i juni 2024. Sjølv om sysselsettinga blant unge har falle, ligg andelen sysselsette framleis over det historiske gjennomsnittet og betydeleg høgare enn tida før pandemien. Arbeidsløysa i aldersgruppa 15–24 har auka med 1,4 prosentpoeng sidan juli i 2023 og er 12,3 pst. i juli 2024.
Arbeidsmarknaden for unge er samla sett god, men det gjeld ikkje for alle. NEET-raten («Not in Employment, Education or Training»), som fortel noko om unge under 30 år som verken er under utdanning eller i arbeid, er høgast for dei eldste i aldersgruppa og lågast blant dei under 20 år. Over tid har det vore forholdsvis stor stabilitet i NEET-nivåa, sjå figur 3.5. I 2023 var 10,0 pst. i aldersgruppa 15-29 år utanfor arbeid og utdanning, ifølge registerbasert statistikk frå SSB. Særleg er det mange unge med innvandrarbakgrunn eller helseutfordringar som står utanfor arbeid og aktivitet. Andelen unge med innvandrarbakgrunn utgjorde i 2023 om lag 33 pst. av NEET-gruppa. Arbeidsløysa blant ungdom i Noreg er forholdsvis låg i internasjonal samanheng. Det gjeld også for NEET-gruppa. Men tidlegare analysar har vist at andelen i NEET-gruppa som får helserelaterte ytingar, og som dermed kan ha ein lengre veg tilbake til jobb, er høgare i Noreg enn i mange andre land. Antalet unge under 30 år med registrert nedsett arbeidsevne hos Arbeids- og velferdsetaten var i juni 2024 5,4 pst. Det er ein auke på 3 500 personar, eller 8 pst, frå same månad i 2023.
Arbeidstid
Om lag tre av fire jobbar heiltid, og det har vore små endringar frå kvartal til kvartal dei siste åra. Etter ein svak nedgang i heiltidsandelen frå 2022 til 2023, har det hittil i år vore ein auke i heiltidsandelen. I enkelte næringar og yrke er deltidsandelen særleg høg. Det er om lag dobbelt så mange kvinner som menn som jobbar deltid, men forskjellen har avtatt, sjå figur 3.6 A. Blant kvinner er det klart fleire som jobbar heiltid no enn for to år sidan, mens det er motsett for menn. I andre kvartal jobba 83 pst. av mennene heiltid og 65 pst. av kvinnene. Samtidig har undersysselsettinga, det vil seie deltidssysselsette som har forsøkt å få ei lengre avtalt arbeidstid, auka frå 2,0 til 2,4 pst. frå andre kvartal 2023 til andre kvartal 2024. Det er fleire kvinner enn menn som er undersysselsette.
Deltid er meir vanleg blant innvandrarar og personar med låg utdanning og blant dei yngste og eldste i befolkninga. Blant unge kjem den høge deltidsandelen i hovudsak av at ein stor andel har utdanning som hovudaktiviteten sin. Blant dei eldste er helsesituasjonen og moglegheitene til å kombinere pensjon og arbeid viktige forklaringar. sjå figur 3.6 B. Deltidsarbeid inneber ei avgrensing i utnyttinga av arbeidskraftressursane, og det ligg eit betydeleg arbeidskraftpotensial i å få fleire til å jobbe heiltid.
Tilknytingsformer
Andelen midlertidig tilsette har halde seg forholdsvis stabil i fleire år, sjølv om brot i statistikken gjer det vanskeleg å samanlikne nivåa før og etter 2021. Frå og med 2021 skal arbeidsgivarar rapportere i a-ordninga om ei tilsetting er midlertidig. Dette gjer at ein fangar opp fleire slike tilsettingar i statistikken. Tal frå den registerbaserte sysselsettingsstatistikken viser at om lag 340 000 personar hadde ei midlertidig tilsetting i fjerde kvartal 2023. Det utgjorde 12 pst. av dei sysselsette. Andelen med ei midlertidig stilling var høgast innanfor undervisning, helse- og sosialtenester og overnatting og servering.
AKU viser færre midlertidig tilsette enn den registerbaserte sysselsettingsstatistikken. I andre kvartal 2024 var 8,6 pst. av dei sysselsette midlertidig tilsette. Det var ein auke på 0,5 prosentdel frå andre kvartal 2023. Blant menn var 6,8 pst. tilsette i ei midlertidig stilling i andre kvartal, mens det same gjaldt 10,6 pst. av kvinnene. Andelen midlertidig tilsette går ned med alderen. Overnatting og serveringsverksemd, jordbruk, undervisning, varehandel og helse- og sosialtenester er blant næringane med størst omfang av midlertidige tilsettingar.
SSB publiserer kvartalsvis statistikk over jobbar i verksemder som leiger ut arbeidskraft. Utleige utgjorde 53 500 jobbar i andre kvartal 2024, ein nedgang på om lag 5 pst. frå året før. Nedgangen var størst innanfor jordbruk, reinhald og kontor- og handverksyrke. Samtidig har det vore ein auke i sysselsettinga i andre næringar. Dei vanlegaste yrka for tilsette i utleigenæringa er barnehage- og skolefritidsassistent, kontormedarbeidar og tømrar/snikkar. Utanlandske pendlarar, det vil seie arbeidstakarar som ikkje er busette i Noreg, står for om lag ein firedel av jobbane i utleigenæringa. Det ligg ikkje føre eigen statistikk over kva verksemder som leiger inn arbeidskraft frå utleigefirma.
Innvandring og nærmare om situasjonen i arbeidsmarknaden for innvandrarar
Store flyktningstraumar frå Ukraina har dei siste åra auka innvandringa til Noreg. Det siste året har likevel innvandringa falle noko. I andre kvartal 2024 var det ei netto innvandring på om lag 5 400 personar, det er om lag 1 000 færre enn i same kvartal i 2023.
Arbeidsinnvandringa har falle blant ikkje-busette lønnstakarar. I andre kvartal 2024 var det om lag 1 200 færre korttidsinnvandrarar enn i andre kvartal 2023, ein nedgang på 1,4 pst. Korttidsinnvandring frå EU-land i Aust-Europa har spesielt falle det siste året. Antalet ikkje-busette lønnstakarar ligg no på gjennomsnittet av tida før pandemien.
Samanlikna med resten av befolkninga deltar innvandrarar i mindre grad i arbeidsmarknaden. Forskjellen har likevel blitt mindre dei siste åra. Innvandrarar hadde den sterkaste oppgangen i sysselsetting frå andre kvartal 2022 til andre kvartal 2024, og stod for 67 pst. av veksten i denne perioden. Ved utgangen av 2023 var sysselsettingsandelen 68 pst. blant innvandrarar i aldersgruppa 20–66 år, mens den var om lag 80 pst. i resten av befolkninga. Det er store variasjonar i sysselsettinga blant innvandrarar, avhengig av landbakgrunn, kjønn og butid i Noreg. Sjå nærmare omtale under punkt 3.3 Innvandrarar og integrering.
Arbeidsløysa blant innvandrarar har auka noko det siste året. Den registrerte arbeidsløysa blant innvandrarar var 5,4 pst. ved utgangen av juli 2024, det vil seie opp 0,7 prosentpoeng frå same tid i fjor. For befolkninga elles var auken 0,1 prosentpoeng i same periode. Arbeidsløysa er klart høgare blant innvandrarar enn i befolkninga elles, men det er store forskjellar mellom ulike landgrupper, sjå figur 3.7. Innvandrarar utgjer no halvparten av alle registrerte heilt ledige.
Noreg står overfor ein situasjon der historisk mange med fluktbakgrunn skal ut i det norske arbeidslivet. Sjå nærmare omtale under punkt 3.3 Innvandrarar og integrering.
Nærmare om situasjonen i arbeidsmarknaden for eldre
Eldre har i stadig større grad tatt del i arbeidslivet. Andelen lønnstakarar har auka for alle årskulla i alderen 60–74 år frå 2010 til 2024, sjå figur 3.8. Sysselsettingsandelane er gjennomgåande høgare enn før pandemien, og arbeidsløysa blant eldre har falle til låge nivå. Kombinasjonen av betre helse, høgare utdanning og ein gjennomgåande god arbeidsmarknad er viktige forklaringar, i tillegg til pensjonsreforma frå 2011. Dei første åra etter 2010 var auken spesielt stor for aldersgruppa 62–66 år. Frå 2015 har aldersgruppa 67–68 år stått for den største auken, relativt sett. Dei siste åra har det også vore ein auke i den gjennomsnittlege avtalte arbeidstida for dei eldste aldersgruppene. Vidare byter eldre arbeidstakarar jobb i mindre grad enn yngre gjer, og eldre som er arbeidsledige har større vanskar enn yngre med å komme tilbake i jobb. Ifølge Norsk seniorpolitisk barometer meiner dei fleste leiarar at dei over 60 år presterer like godt som yngre arbeidstakarar, men om lag halvparten av leiarane føretrekker likevel å tilsette dei under 30 år framfor dei over 60 år. Samtidig viser undersøkinga at grensa for når arbeidsgivarane ser på ein kompetent arbeidssøkar som eldre, og derfor vurderer vedkommande som mindre aktuell for intervju, har flytta seg oppover det siste tiåret.
3.3 Innvandrarar og integrering
I Noreg bur det litt over 1,2 mill. innvandrarar og norskfødde med to innvandrarforeldre, høvesvis 17 pst. og 4 pst. av befolkninga. Dei har bakgrunn frå over 200 land. Ved inngangen til 2024 var det flest innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre frå Polen, Ukraina, Litauen, Syria, Somalia, Pakistan, Sverige, Irak, Eritrea og Tyskland. Personar med flyktningbakgrunn utgjer 5,7 pst. av totalbefolkninga og nær 34 pst. av alle innvandrarar i Noreg.
Innvandrarar har komme til landet av ulike årsaker. Rundt 71 800 ikkje-nordiske statsborgarar innvandra til Noreg i 2023. Krigen i Ukraina har endra innvandringsbildet, og flukt var i 2023 den vanlegaste grunnen til innvandring. I alt 36 800 flyktningar fekk opphald på grunn av behov for vern, langt dei fleste var fordrivne frå Ukraina (midlertidig kollektivt vern). Om lag 14 400 personar innvandra av familiære årsaker, 13 800 fekk opphald på grunn av arbeid i Noreg, og 3 000 personar kom for å studere.
Blant dei som sjølv har innvandra, er det relativt fleire som manglar utdanning eller berre har utdanning på grunnskolenivå, enn det er i resten av befolkninga. Utdanningsnivået til ein del innvandrarar er ikkje kjent, og derfor kan det vere ei utfordring å komme med eksakte tal. I 2023 hadde 30 pst. av innvandrarane grunnskole som høgaste fullførte utdanning, mot 22 pst. i resten av befolkninga. På den andre sida er også andelen som har utdanning på universitets- eller høgskolenivå, noko høgare blant innvandrarar enn i resten av befolkninga, høvesvis 41 pst. og 36 pst.
Samtidig er det store forskjellar i utdanningsnivå blant innvandrarar, avhengig av innvandringsgrunn og landet dei kjem frå. Over halvparten av flyktningane i Noreg manglar utdanning på vidaregåande nivå sjølv etter mange års butid. Til forskjell har nesten åtte av ti av dei kartlagde fordrivne frå Ukraina mellom 18 og 55 år utdanning utover vidaregåande skole. Over tre av fire som har innvandra for å studere, har utdanning på universitets- eller høgskolenivå. Blant arbeidsinnvandrarar er det 46 pst. som har høgare utdanning, noko som er ein relativt høg andel.
Innvandrarar har i gjennomsnitt lågare sysselsettingsgrad enn resten av befolkninga. I 2023 var 68 pst. av innvandrarane sysselsette, mot 80 pst. i resten av befolkninga.
Det er store variasjonar i sysselsettinga blant innvandrarar, avhengig av landbakgrunn, kjønn og butid i Noreg. Andelen i jobb er relativt høg blant innvandrarar frå land i Europa og Nord-Amerika, som i stor grad har komme som arbeidsinnvandrarar, og låg blant innvandrarar frå land i Afrika og Asia, som har komme som flyktningar. Sysselsettinga er særleg låg blant kvinner i denne gruppa. Sjå også nærmare omtale under punkt 3.2 Situasjonen i arbeidsmarknaden.
Integrering er ein prosess som tar tid. For dei fleste innvandrarar som buset seg i Noreg, vil det ta tid å tileigne seg relevant kompetanse, finne jobb, lære norsk og knyte sosiale band i samfunnet. Det er ein positiv samanheng mellom butid og ei rekke indikatorar for integrering. I 2024 hadde 29 pst. av innvandrarane budd i Noreg i fem år eller mindre, og litt under halvparten av alle innvandrarar hadde budd i landet i ti år eller mindre (SSB, 2022).
Både sysselsettinga og deltakinga i frivillige organisasjonar aukar i løpet av dei første åra i Noreg, og innvandrarar med lengre butid har både høgare inntekt og betre butilhøve3. Det er likevel store variasjonar mellom innvandrargruppene. Nokre grupper peiker seg ut ved å ha ein stor andel med vedvarande låginntekt, sjølv etter lang butid (SSB, 2023).
Busetting
Utviklinga i tala på busette dei siste åra
Busetting av flyktningar |
2018 |
2019 |
2020 |
2021 |
2022 |
2023 |
Per 1. september 2024 |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Busette totalt |
4 903 |
4 822 |
2 819 |
4 489 |
31 258 |
33 701 |
17 032 |
Av desse: overføringsflyktningar |
2 480 |
2 806 |
1 523 |
3 641 |
3 146 |
2 223 |
876 |
Av desse: fordrivne frå Ukraina |
27 058 |
29 730 |
14 923 |
Overføringsflyktningar og personar som får opphald i Noreg på bakgrunn av søknad om vern, er omfatta av tilbodet om busetting med offentleg hjelp. Busetting med offentleg hjelp for nykomne flyktningar er ikkje ein rett eller ei plikt som er regulert i lova. Busettinga er frivillig og skjer etter avtale mellom staten ved Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi) og ein kommune. Arbeidet er nedfelt i samarbeidsavtalen om mottak og busetting av flyktningar mellom KS, Arbeids- og inkluderingsdepartementet, Justis- og beredskapsdepartementet, Barne- og familiedepartementet og Kommunal- og distriktsdepartementet (2022–2025).
Sidan 2022 har krigen i Ukraina ført til eit betydeleg auka busettingsbehov. I 2022 og 2023 blei rekordmange flyktningar busett. Svært mange er også forventa å bli busett i 2024. Samtidig er situasjonen i Ukraina uføreseieleg, og det er svært usikkert kor mange som vil søke opphald i Noreg framover. Prognosane for 2025 er derfor svært usikre, men det må takast høgde for at busettingsbehovet kan bli ekstraordinært høgt også neste år.
Sidan 2022 har det vore ein historisk vilje til å busette flyktningar i kommunar over heile landet. Fleire tiltak er sett i verk dei siste åra for å gjere det enklare for kommunane å busette fleire flyktningar på kort tid. Midlertidige regelverksendringar har vore viktige for å gi kommunane handlingsrom og fleksibilitet til bl.a. å sikre rask etablering av mottak, omsorgssenter, barnehagar og skoler, og raskare tilgang på bustader.
Busettinga har dei siste åra gått raskare enn tidlegare år. I gjennomsnitt har det i 2024, per 1. september, tatt om lag tre månader frå ein flyktning får vedtak om opphald, til hen er busett i ein kommune. For fordrivne frå Ukraina er snittet rett under tre månader. Ventetida for overføringsflyktningar er 4,4 månader, og for andre asylsøkarar er ho i gjennomsnitt 4,7 månader. Sjølv om busettinga framleis går raskt etter to og eit halvt år med ekstraordinært høg busetting, melder mange kommunar om kapasitetsutfordringar i bustadmarknaden, og at det er blitt meir krevjande å finne eigna bustader til busetting. Det har også blitt meir krevjande for IMDi å få nok busettingsplassar til einslege mindreårige flyktningar og til personar med særskilde tilretteleggingsbehov. I tillegg opplever fleire kommunar eit generelt press på det kommunale tenestetilbodet, som fastlege- og helsetenester, barnehagar og skolar, flyktningtenesta og vaksenopplæringa.
Nokre flyktningar med alvorleg nedsett funksjonsevne eller åtferdsvanskar ventar lenger enn ønskeleg på å bli busett i ein kommune etter at dei har fått vedtak om opphald. For å bidra til raskare busetting er tilskotsordninga kommunane kan søke på ved busetting av personar som krev særskild oppfølging styrkt. Frå 2022 kan kommunane få tilskot i inntil ti år for personar som blir busette frå dei særskilde buløysingane til Utlendingsdirektoratet (UDI). Frå 2023 er maksbeløpet for ekstratilskotet ved busetting av personar busette frå to av UDIs særskilde buløysingar auka til 2,5 mill. kroner. Auken gjeld personar som blir busette frå den særskilde bu- og omsorgsløysinga for valdelege og utagerande bebuarar (særbol) og den særskilde pleie- og omsorgsløysinga for bebuarar med omfattande helse- og omsorgsbehov (særpleie).
Kvalifisering og opplæring av nykomne innvandrarar
Opplæring i norsk og samfunnskunnskap utgjer ei viktig del av introduksjonsprogrammet for vaksne flyktningar, men er også sjølvstendige ordningar med ei større målgruppe. Ferdigheiter i norsk er viktig for å få tilgang til arbeid og utdanning, men også for å delta på andre samfunnsarenaer.
Talet på deltakarar i opplæring i norsk og samfunnskunnskap i løpet av eit gitt år1
År |
2015 |
2016 |
2017 |
2018 |
2019 |
2020 |
2021 |
2022 |
20232 |
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Deltakarar i opplæring med rett og plikt |
35 039 |
39 858 |
42 227 |
38 479 |
31 672 |
24 009 |
20 230 |
17 664 |
18 133 |
Deltakarar med berre plikt |
1 908 |
1 542 |
1 836 |
1 766 |
2 060 |
2 163 |
2 106 |
2 170 |
2 797 |
Deltakarar med berre rett3 |
574 |
626 |
488 |
370 |
296 |
81 |
48 |
27 |
21 |
Deltakarar med kollektivt vern med rett til norskopplæring |
- |
- |
- |
- |
- |
- |
- |
10 552 |
27 164 |
Totalt |
37 521 |
42 026 |
44 551 |
40 615 |
34 028 |
26 253 |
22 384 |
30 413 |
48 115 |
1 Personar i alderen 56-67 år med rett til norskopplæring etter introduksjonslova. Inkluderer ikkje deltakarar med kollektivt vern
2 Førebelse tal frå IMDi.
3 Personar 56–67 år med rett til norskopplæring etter introduksjonslova. Inkluderer ikkje deltakarar med kollektivt vern.
I 2023 deltok 48 115 innvandrarar i opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne. Tilbodet om opplæring skal vere på plass så snart som mogleg og seinast innan tre månader etter folkeregistrering i kommunen. Likevel er det stor variasjon mellom kommunane når det gjeld oppstart av norskopplæring. Ein relativt stor del av dei med rett og plikt eller berre rett til opplæring får ikkje oppstart innan fristen. 55 pst. av dei som avla den munnlege norskprøven i 2023, oppnådde nivå B1 eller høgare. Dette er ein framgang på 8 prosentpoeng frå 2022. Norskprøveresultata på den skriftlege prøven var noko dårlegare i 2023 enn i 2022, da andelen med B1 eller B2 var 45 pst. på lytteprøven, 47 pst. på leseprøven og 46 pst. på skriveprøven. Tilsvarande andelar i 2022 var høvesvis 54 pst., 54 pst. og 48 pst.
Fordrivne frå Ukraina har i utgangspunktet rett til opplæring i norsk i inntil eit år, men frå 1. juli 2023 kan kommunen og fylkeskommunen gi utvida norskopplæring til dei som har behov for det, for å oppnå eit minimumsnivå i norsk. Formålet med utvidinga er bl.a. å legge til rette for at deltakarane kan bli fasa inn i arbeidslivet ved å lære norsk og jobbe samtidig.
Introduksjonsprogram blir i all hovudsak tilbydt flyktningar og familiemedlemmane deira som er busette i ein kommune etter avtale med IMDi. Introduksjonsprogrammet skal gi deltakarane grunnleggande ferdigheiter i norsk og grunnleggande innsikt i norsk samfunnsliv og førebu dei til arbeid eller utdanning.
Utviklinga i talet på deltakarar i introduksjonsprogrammet dei siste åra
År |
2017 |
2018 |
2019 |
2020 |
2021 |
2022 |
2023 |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Deltakarar i alt |
28 944 |
27 141 |
20 968 |
13 942 |
10 595 |
17 879 |
32 506 |
Av dei deltakarar med rett og plikt |
28 811 |
27 067 |
19 262 |
12 727 |
9 716 |
8 906 |
8 346 |
Av dei deltakarar som kan få tilbod om program |
133 |
74 |
1 706 |
1 215 |
879 |
626 |
575 |
Deltakarar med kollektivt vern og rett til program |
7 861 |
22 320 |
|||||
Deltakarar med kollektivt vern som kan bli tilbydde program |
486 |
1 265 |
|||||
Nye deltakarar |
9 672 |
4 419 |
3 072 |
2 227 |
2 246 |
11 166 |
17 699 |
Deltakarar som avslutta |
6 391 |
8 310 |
8 207 |
4 820 |
3 292 |
2 757 |
11 381 |
Kjelde: SSB og IMDi/NIR.
I 2023 var det 32 506 personar som deltok i introduksjonsprogrammet, mot 17 879 deltakarar året før. Tal for 2023 viser at 49 pst. gjekk direkte over til arbeid eller utdanning etter avslutta program, ein liten nedgang frå 52 pst. i 2022. I 2023 gjekk 41 pst. direkte over i arbeid og 8 pst. direkte over til utdanning, mot høvesvis 24 pst. og 28 pst. i 2022. At ein så stor andel går direkte over til arbeid og ikkje utdanning, kan forklarast med at fordrivne frå Ukraina har med seg ein høgare kompetanse enn andre deltakargrupper har, og såleis ikkje har behov for å ta vidare utdanning etter fullført introduksjonsprogram.
Det har sidan introduksjonsprogrammet blei innført i 2004, vore stor variasjon mellom kommunane når det gjeld innhaldet i programmet. Det har vist seg at programmet i mange tilfelle ikkje i tilstrekkeleg grad dekker gapet mellom den kompetansen flyktningane har med seg, og det som krevst i den norske arbeidsmarknaden. Med integreringslova er det tatt fleire grep for å redusere dette gapet. IMDi, Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) og statsforvaltarane speler ei viktig rolle med å rettleie, føre tilsyn og følge opp lova.
Minstekrava til introduksjonsprogrammet har blitt redusert og forenkla for personar med midlertidig kollektivt vern. Som det følger av kapittel 6A i integreringslova, har fordrivne frå Ukraina bl.a. rett, men ikkje plikt, til introduksjonsprogram og opplæring i norsk og samfunnskunnskap. I februar 2024 blei krava til arbeidsretting i introduksjonsprogram etter dei midlertidige reglane skjerpte gjennom krav til arbeidsretta innhald etter tre månader. Det blei også innført strengare krav til arbeid eller arbeidspraksis for å få forlenging av program. 14. juni 2024 blei det vedtatt å vidareføre dei midlertidige endringane i integreringslova til 1. juli 2026, med enkelte tilpassingar. Statsforvaltarane har eit særskilt oppdrag med å rettleie kommunane og fylkeskommunen om dei midlertidige reglane for personar med midlertidig kollektivt vern.
Det er sentralt å følge med på korleis integreringslova blir etterlevd. Med utgangspunkt i ei følgeevaluering av etterlevinga gjennomført av Fafo og ei følgeevaluering av dei midlertidige lovendringane gjennomført av Proba samfunnsanalyse har departementet begynt ein gjennomgang av integreringslova. Forslag til endringar i integreringslova og tilhøyrande forskrifter om auka arbeidsretting og formell opplæring i introduksjonsprogrammet mv. blei sendt på høyring 9. september 2024, med høyringsfrist 9. desember 2024.
Deltaking i samfunnslivet
Integrering handlar også om deltaking i det norske samfunnslivet, gjennom sterke fellesskap og gode fellesarenaer. Dei innvandrarane som har lengst butid, opplever sterkare tilhøyrsel til Noreg, og dei deltar i større grad i samfunnslivet.
I 2023 fekk 37 000 personar innvilga norsk statsborgarskap. Syrarar, polakkar og eritrearar utgjorde dei største landgruppene. Det har vore ein markant auke i overgangar til norsk statsborgarskap dei siste åra. Det heng saman med lovendringa 1. januar 2020, som tillét eitt eller fleire statsborgarskap i tillegg til norsk statsborgarskap.
Frivillige organisasjonar er viktige arenaer for integrering og deltaking i samfunnet. Undersøkingar tyder likevel på at innvandrarar i mindre grad tar på seg politiske verv og deltar i frivillige organisasjonar enn resten av befolkninga gjer. Lågare norskkunnskapar og dårlegare økonomi blir trekt fram som noko av forklaringa på dette. Barn og unge med innvandrarbakgrunn deltar også sjeldnare i fritidsaktivitetar enn unge i befolkninga elles gjer, og deltakinga er lågast blant innvandrarjenter.
Fridommen til å bestemme over eige liv er grunnleggande, og negativ sosial kontroll og æresrelatert vald er vedvarande utfordringar som truar deltakinga i samfunnslivet og høvet til å gjere sjølvstendige val når det gjeld eige liv og eiga framtid. Derfor er arbeid for å motverke negativ sosial kontroll eit stadig viktigare tema i norsk integreringspolitikk.
Diskriminering og negative haldningar hindrar også inkludering av innvandrarar i norsk samfunnsliv. Haldningane til innvandrarar og innvandring har dei siste åra gått i retning av å bli stadig meir positive. Likevel opplever personar med innvandrarbakgrunn, og særleg dei unge, at dei blir møtt med fordommar og forskjellsbehandling.
Likeverdige offentlege tenester er viktig for tillit og oppleving av tilhøyrsel og aksept i det norske samfunnet. Samordningsrolla til integreringsmyndigheitene, tilrettelagd informasjon frå offentleg sektor og bruk av kvalifisert tolk kan bidra til likeverdige offentlege tenester for innvandrarar og større tillit til det offentlege. Det er lagt ned eit stort arbeid for å auke bruken av kvalifisert tolk i offentleg sektor. Andelen tolkeoppdrag som har vore utført av kvalifiserte tolkar har vore aukande i fleire år, men har i 2023 gått noko ned. Det har vore ein stor auke i talet på oppdrag gjennomført med kvalifiserte tolkar i 2023, sjølv om andelen av oppdraga som er utførte av kvalifiserte tolkar har gått litt ned.
Fordrivne frå Ukraina
Sidan mars 2022 har fordrivne frå krigen i Ukraina fått midlertidig kollektivt vern i Noreg. Per 1. september har over 84 000 ukrainske statsborgarar søkt om vern sidan fullskalainvasjonen, og om lag 80 000 har fått innvilga midlertidig kollektivt vern. Personar som har fått innvilga midlertidig kollektivt vern, er omfatta av tilbodet om å bli busett med offentleg hjelp. Per 1. september 2024 har om lag 71 500 fordrivne frå Ukraina blitt busett, og over 3 000 er på veg til å bli busett i ein kommune.
Det skal leggast til rette for at personar som har fått innvilga midlertidig kollektivt vern, kjem raskt ut i arbeid eller annan aktivitet. Samtidig treng mange flyktningar frå Ukraina noko kvalifisering og språkopplæring før dei er klare for arbeidsmarknaden. Regjeringa har derfor lagt til grunn at tilbodet til denne gruppa i stor grad bør samsvare med tilbodet til andre flyktningar. Sjå nærmare omtale av tilbodet ovanfor.
Ein stor del av dei fordrivne frå Ukraina har valt å nytte seg av retten til introduksjonsprogram og språkopplæring før dei går ut i arbeid. Per 1. september 2024 var nesten 16 000 personar med midlertidig kollektivt vern som hadde rett til introduksjonsprogram, registrerte som deltakarar i programmet. Av dei over 15 000 fordrivne som hadde fullført introduksjonsprogrammet per 1. september 2024 og som var registrert med ein avslutningsårsak, har 45 pst. gått direkte over til arbeid, 3 pst. til utdanning, 28 pst. til arbeidsmarknadstiltak i regi av Arbeids- og velferdsetaten og 11 pst. til kvalifiserande tiltak i regi av kommunen eller andre aktørar. På same tid var nesten 16 000 fordrivne av dei omtrent 22 000 med rett til opplæring registrerte som deltakarar i norskopplæring. Tala for deltaking i introduksjonsprogram og norskopplæring er basert på data frå Nasjonalt introduksjonsregister (NIR) per 1. september 2024. Kommunane har tilgang til å registrere opplysningar i NIR innan to månader etter dei har motteke dei. Tala kan derfor endre seg noko over tid.
Tal frå SSB syner at 11 560 fordrivne var sysselsette i Noreg i juli 2024. Dette utgjer 27,4 pst. av alle busette fordrivne mellom 20 og 66 år. Det har vore ei positiv utvikling i andelen sysselsette ukrainske fordrivne i 2024. Ved inngangen av året var det til samanlikning 16,6 pst. av dei ukrainske fordrivne som var sysselsette i Noreg. Utviklinga har vore særleg positiv dei siste månadane, da andelen i jobb har auka med nesten fem prosentpoeng sidan mai 2024. Noko av dette kan skuldast sesongvariasjonar. Ein av fem ukrainske fordrivne jobbar innan overnatting eller servering, medan ein av ti jobbar innan industri, varehandel, helse- og sosialtenester eller forretningsmessig tenesteyting. Om lag to av tre ukrainske fordrivne som er sysselsette, er under 40 år. Tal frå Arbeids- og velferdsdirektoratet viser at nesten 70 pst. av dei sysselsette fordrivne jobbar over 30 timar i veka. Det tyder på at dei fleste er tilsette i heiltidsarbeid.
Andelen sysselsette fordrivne i Noreg er ein del lågare enn sysselsettingsandelen i Danmark, som i juli var 53 pst. Butid betyr mykje for sysselsettinga. I Danmark kom majoriteten av dei fordrivne det første halvåret etter krigsutbrotet i 2022. Til samanlikning blei det i Noreg busett nesten 30 000 fordrivne i både 2022 og 2023, og rundt 15 000 fordrivne så langt i 2024 (per 1. september). Sysselsettingsandelen blant dei fordrivne som kom til Noreg i 2022, er rundt 40 pst. I tillegg har Noreg busett nesten dobbelt så mange fordrivne som Danmark. I antal er det rundt 1 500 fleire sysselsette i Danmark, enn i Noreg.
Sysselsettingsandelen i Noreg er meir på nivå med den i Finland og Tyskland, som også har sysselsetting blant fordrivne på litt over 25 pst. Samanliknar vi med tidlegare flyktninggrupper i Noreg, er andelen fordrivne frå Ukraina som er i arbeid rett etter avslutta introduksjonsprogram, like høg som blant andre grupper eitt år etter avslutta introduksjonsprogram, men der dei andre gruppene har ei butid på mellom fire og fem år. Etter ei butid på rundt 18 månader er rundt 30 pst. av dei fordrivne frå Ukraina i arbeid. Tilsvarande tal for personar frå Afghanistan, Eritrea og Syria er mellom 14 og 18 pst.
Regjeringa har sett i verk ei rekke tiltak for å få fleire fordrivne frå Ukraina til å delta på arbeidsmarknaden, bl.a. ved å skjerpe krava til arbeidsretting av introduksjonsprogrammet og ved å etablere eit nasjonalt digitalt system for norskopplæring. Regjeringa forventar betre resultat etter kvart som dei iverksette tiltaka får tid til å verke.
Ein samla omtale av korleis regjeringa handterer fordrivne frå Ukraina, finst i del III, punkt 3 Fordrivne frå Ukraina.
3.4 Arbeidsmiljøtilstanden
Dei fleste i Noreg arbeider under gode og forsvarlege arbeidsforhold. Analysar av europeiske arbeidsmiljødata viser at norske arbeidsforhold er jamt over betre enn i dei fleste land vi kan samanlikne oss med.4Faktabok om arbeidsmiljø og helse 2024 frå Statens arbeidsmiljøinstitutt viser at meir enn fire av fem arbeidstakarar er tilfredse med jobben sin.5 Men sjølv om det store bildet er bra, er det ikkje alltid samanfall mellom høg trivsel og godt arbeidsmiljø eller risikofritt arbeid. Det er framleis utfordringar i fleire bransjar og yrke, og delar av arbeidslivet er prega av høgt sjukefråvær og tidleg avgang.
I løpet av dei siste åra har digitaliseringa av arbeidslivet skote fart, med mange positive følger, men også endringar som for mange kan vere utfordrande. Organiseringa av arbeidet har i fleire verksemder endra seg betydeleg, med det utfallet at også arbeidsmiljøa er i endring.6 Den tydelegaste trenden er bruken av mindre stadbundne måtar å organisere arbeidet på. Arbeid som tidlegare har vore fysisk lokalisert til ei stasjonær eining og eit nettverk på eit einekontor til fastsette arbeidstider, blir no utfordra av mobile einingar og nettverk, digitale møteplassar og moglegheit til å arbeide til andre tider av døgnet, noko som kan gjere det vanskeleg å planlegge og setje grenser mellom jobb og privatliv. Dette er endringar som kan påverke arbeidsmiljøet på kort og lang sikt og som vi treng meir kunnskap om.7
Mykje tyder på at arbeidsinnhaldet og måten å jobbe på kan endre seg vidare framover. Ny teknologi og nye arbeidsmetodar kan bidra til å redusere eksponeringa for farlege stoff og fysiske belastningar i samanheng med manuelle arbeidsoperasjonar. Samtidig kan dei føre til nye utfordringar knytte til avansert utstyr, utvikling av nye materiale og handtering av avfall og resirkulering i samanheng med det grøne skiftet. Veksten i tenesteytande sektor, spesielt innanfor helse- og sosialsektoren, har ført til at vi har fått fleire yrke prega av kunde-, brukar- og pasientrelasjonar. Dette medfører utfordringar knytte til emosjonelle krav, rollekonfliktar, samt vald og truslar i enkelte yrkesgrupper. Fleire av dei tradisjonelle fysiske, kjemiske og mekaniske arbeidsmiljøeksponeringane er framleis utbreidde i mange yrke. I ei tid der kvalifikasjonskrava i arbeidslivet aukar, blir det stadig viktigare at folk får høve til å lære og utvikle kompetansen sin på arbeidsplassen. Det er sentralt å sikre medverknad og tilstrekkeleg opplæring for dei tilsette, spesielt når det gjeld innføring av ny teknologi og korleis dette påverkar arbeidsmiljøet.
Dei siste tiåra har både forskarar, arbeidsmiljøforvaltningar og partane i arbeidslivet retta meir merksemd mot helse og sikkerheit i samanheng med atypiske tilsettings- og tilknytningsformer. Midlertidige tilsettingar, deltidsarbeid, innleige frå bemanningsføretak og plattformøkonomi er eksempel på tilknytingsformer som kan innebere spesifikke utfordringar når det gjeld opplæring, helse og sikkerheit. Sjølv om omfanget av slike ordningar i Noreg har vore relativt lågt og stabilt dei siste tiåra, er det viktig å halde fram med å vere merksam på utviklinga og effektane av ulike former for tilknyting til arbeidslivet. Eit godt arbeidsmiljø har tradisjonelt vore ein konkurransefordel og ein av berebjelkane i eit berekraftig norsk arbeidsliv. Det har gitt grunnlaget for bl.a. stort jobbengasjement og høve til å kunne stille høge krav i arbeidet. Det er viktig å oppretthalde ein høg arbeidsmiljøstandard også i den vidare utviklinga av arbeidslivet.
Boks 3.1 Faktabok om arbeidsmiljø og helse
Statens arbeidsmiljøinstitutt har nettopp gitt ut Faktabok om arbeidsmiljø og helse. Faktaboka gir ei oversikt over status og utviklingstrekk på det norske arbeidsmiljøområdet. Ei ny faktabok skal etter planen komme i 2027.
Dei største helseutfordringane blant yrkesaktive
Dei største helseutfordringane blant norske yrkesaktive når det gjeld både omfang og kostnader i form av redusert helse, sjukefråvær og uførleik, er muskel- og skjelettplager og lettare psykiske plager som angst og depresjon. Førekomsten av sjølvrapporterte muskel- og skjelettplager har vist ein svak auke blant sysselsette dei siste 20 åra. Også førekomsten av psykiske plager har auka noko sidan 2009.
Det finst omfattande forskingslitteratur som knyter psykiske plager til psykososiale arbeidsmiljøfaktorar. Muskel- og skjelettplager kan på si side ha samanheng med både psykososiale faktorar og mekaniske belastningar. Luftvegslidingar, som astma og kols, kan ha samanheng med innanding av partiklar, røyk, gassar og damp, mens hudkontakt med vatn, vaskemiddel, skjereoljar, løysemiddel m.m. kan gi sjukdommar i hud og underhud. Årleg blir fleire hundre tilfelle utgreidde for mogleg arbeidsrelaterte luftvegs- og hudsjukdommar ved dei arbeidsmedisinske avdelingane i landet.
Også enkelte kreftformer er knytte til yrkeseksponering. Det er vurdert at rundt 3 pst. av alle krefttilfella blant menn kan tilskrivast kreftframkallande stoff på arbeidsplassen.8 For enkelte kreftformer er denne andelen betydeleg høgare.
Arbeidsforholda har også betydning for andre sjukdomsgrupper som har stor innverknad på helsetilstanden i befolkninga. For eksempel er høyrselsskade nært knytt til støyeksponering, men støy kan også knytast til hjarte- og karsjukdom. Her kan også organisatoriske faktorar, som lange arbeidsveker, spele inn. Skift- og nattarbeid kan vere ein risikofaktor for utvikling av diabetes. Overvakingsdata frå Statens arbeidsmiljøinstitutt indikerer at om lag 38 pst. av dei med minst eitt sjukefråvær på meir enn 14 dagar siste året oppgir at fråværet heilt eller delvis kjem av helseproblem som er forårsaka av jobben.9 Tidlegare vitskaplege studiar baserte på overvakingsdata indikerer at ein betydeleg del av det legemelde fråværet som overstig 40 dagar i løpet av eit år, kan tilskrivast mekaniske eksponeringar10 og psykososiale risikofaktorar11 på arbeidsplassen.
Arbeidsskadar utgjer antakeleg om lag 11 pst. av alle skadetilfelle i Noreg, og det er særleg høg skaderisiko blant unge menn og utanlandske arbeidstakarar. Datagrunnlaget for arbeidsskadar er framleis noko usikkert, bl.a. på grunn av underrapportering. Talet på registrerte arbeidsskadedødsfall har gått betydeleg ned i eit lengre tidsperspektiv, men det har vore nokså stabilt dei siste åra. I 2023 registrerte Arbeidstilsynet 26 arbeidsskadedødsfall, mot 27 i 2022 og 31 i 2021.
3.5 Utviklinga for låginntektsgrupper
Det store fleirtalet i den norske befolkninga har høg levestandard og gode levekår. Sett under eitt har inntektene til norske hushald fått eit betydeleg løft over tid, samtidig som nokre grupper har store økonomiske utfordringar. Inntektsveksten i hushalda har vore svak dei siste åra. Trass i høg lønnsvekst fall den disponible realinntekta i hushalda med om lag 2 pst. i 2023, som følgje av høg prisvekst og auka renter.
Noreg er blant landa med lågast målt ulikskap i inntekt. Høg grad av likskap i Noreg og dei andre nordiske landa blir gjerne sett i samanheng med gode oppvekstvilkår for barn og unge, gratis utdanning, koordinert lønnsdanning og små lønnsforskjellar, eit omfordelande skattesystem og eit velorganisert arbeidsliv. Offentleg finansierte velferdstenester som barnehage, skole og utdanning og helse- og omsorgstenester er viktige for alle innbyggarar, og bidrar også til å fremme like moglegheiter. Verdien av offentlege tenester utgjer ein større del av inntekta for personar med låg inntekt enn for dei med høg inntekt. Offentleg finansierte velferdstenester bidrar dermed til å redusere forskjellar i levekår.
Det er forholdsvis høg grad av sosial mobilitet i Noreg, og tendensen til at ulikskap går i arv, er mindre enn i mange andre land. Enkelte analysar tyder på at den sosiale mobiliteten blant gruppene med lågast inntekt har gått noko tilbake over tid. Det betyr at det er auka risiko for at barna og dei unge i dei lågaste inntektsgruppene blir verande i den same gruppa når dei blir vaksne.
Omfanget av låginntekt
Ein del av befolkninga har så låg inntekt at det avvikar betydeleg frå det generelle inntektsnivået i samfunnet. Tidlegare blei låginntekt hovudsakleg knytt til lågare (sosial) deltaking, men no ser ein at særleg låginntektsgrupper i tillegg opplever høgare levekostnader som svært utfordrande.
Inntekt er ein sentral indikator på fattigdom, men det finst også andre levekårsfaktorar som ikkje blir fanga opp av inntektsmålet aleine. Eit reint inntektsomgrep inkluderer kontantinntekter og stønader, men fangar bl.a. ikkje opp verdien av offentlege tenester. Ein mykje brukt indikator på fattigdom og levekårsproblem er likevel kor stor andel av befolkninga som har ei inntekt under eit gitt nivå. Kor stor andel av befolkninga som har låginntekt, og korleis låginntektsgruppa er sett saman, blir i stor grad påverka av korleis ein definerer låginntekt, sjå boks 3.2.
Boks 3.2 Låginntekt som indikator på fattigdom og levekårsproblem
Det er vanleg å bruke relativ låginntekt som ein indikator på fattigdom. Da tar ein utgangspunkt i det generelle inntektsnivået i befolkninga. Låginntektsgrensa blir sett i eit bestemt forhold til medianinntekta, vanlegvis 60 pst. eller 50 pst. av medianinntekta. Medianinntekta er den inntekta som deler befolkninga i to like store delar, der den eine halvparten har lågare inntekt enn medianinntekta og den andre halvparten har høgare inntekt. EU bruker 50 pst. eller 60 pst. (EU-50 og EU-60), og OECD 50 pst. (OECD-50), av medianinntekta som indikator på fattigdom. EU og OECD vektar stordriftsfordelar ulikt. Noreg har inga fastsett låginntektsgrense, og OECDs og EUs grenser for låginntekt blir derfor ofte brukte når omfanget av låginntekt skal kartleggast. EU-60-målet er mest brukt i Noreg, og er ein indikator på andelen personar i risiko for fattigdom («at-risk-of-poverty»).
Inntektsomgrepet omfattar dei fleste kontante inntekter hushalda tar imot, dvs. summen av alle yrkesinntekter, kapitalinntekter og offentlege stønader, fråtrekt skatt. Det er som nemnt ein del faktorar som ikkje er omfatta av inntektsomgrepet, men som likevel påverkar dei økonomiske ressursane i eit hushald. Det gjeld bl.a. verdien av offentlege tenester, heimeproduksjon og verdien av eigen bustad.
Studenthushald blir ofte haldne utanfor, både fordi studietida er ein forbigåande fase, og fordi studielån ikkje blir rekna som inntekt i inntektsundersøkinga.
For å kunne samanlikne inntekta til hushald med ulik størrelse og samansetting justerer ein hushaldinntekta ved hjelp av ein såkalla ekvivalensskala for å ta høgd for stordriftsfordelar. Ifølge EUs ekvivalensskala treng ein familie med to vaksne og to barn ei inntekt som svarer til 2,1 gonger inntekta til ein einsleg for å ha same levestandard.
Det er vanleg å ta utgangspunkt i låginntekt over tid for å unngå at kortsiktige svingingar i inntekta slår ut i indikatorane. Langvarig låginntekt aukar risikoen for fattigdom og levekårsproblem. Som ein indikator på fattigdom tar ein i Noreg ofte utgangspunkt i vedvarande låginntekt målt som at gjennomsnittsinntekta i ein treårsperiode ligg under ei låginntektsgrense sett ved 60 pst. av medianinntekta med EUs ekvivalensskala (EU-60).
Om lag 11 pst. av personar i Noreg har ei inntekt under 60 pst. av medianinntekta med EUs ekvivalensskala, jf. omtale i boks 3.2. Studentar og aleinebuande barn under 18 år er ikkje inkludert. Talet er noko lågare om vi ser på låginntekt over tre år samanhengande. Denne andelen med vedvarande låginntekt var i 2020–2022 på 9,5 pst. Det er litt lågare enn dei siste åra, men ein del høgare enn kring tusenårsskiftet.
Utviklinga i andelen med vedvarande låginntekt vil vanlegvis henge litt etter utviklinga i årleg låginntekt. I tillegg kan raske befolkningsendringar påverke tala. Andelen i årleg låginntekt i 2022 blei trokke opp av at mange ukrainarar flykta til Noreg dette året. Men desse blir ikkje talde med i talet for vedvarande låginntekt, sidan det føreset at ein har vore busett i tre år.
Førekomsten av vedvarande låginntekt er større blant yngre som bur aleine, einslege forsørgarar, barnerike familiar, personar med innvandrarbakgrunn og aleinebuande minstepensjonistar enn i befolkninga elles. Samansettinga av låginntektsgruppa har endra seg over tid. Endra familiemønster, med fleire aleinebuande, har isolert sett bidratt til større førekomst av låginntekt, ettersom hushald med berre éi inntekt er meir utsette for låginntekt enn hushald med to inntekter. Andelen med låginntekt har i fleire år auka blant barnefamiliar, særleg einslege forsørgarar, men dei siste åra har den gått ned. Førekomsten av låginntekt blant unge og unge vaksne har auka over tid, men har gått noko ned dei siste åra. Samtidig har låginntekt i andre grupper, for eksempel blant alderspensjonistar, gått betydeleg ned over tid. Dette må sjåast i samanheng med større yrkesaktivitet blant eldre og høgare pensjonsopptening blant nye pensjonistkull. Vidare er minste pensjonsnivå for einslege alderspensjonistar auka i fleire omgangar.
Låginntekt blant innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre
Førekomsten av vedvarande låginntekt blant innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre har gått ned dei siste åra, men ligg framleis på eit høgt nivå. 25,1 pst. av alle innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre hadde, målt ut frå EU-60, vedvarande låginntekt i treårsperioden 2020–2022. Sidan ukrainarar som flykta frå krigen ikkje har vore busett i heile treårsperioden, er ikkje desse inkludert i dei siste tala for vedvarande låginntekt, og vi vil først sjå desse tala for treårsperioden 2022–2024.
Omfanget av vedvarande låginntekt varierer betydeleg etter landbakgrunn, innvandringsgrunn og butid. Andelen med låginntekt er høgast for personar med landbakgrunn frå Asia, Afrika og Latin-Amerika. I denne gruppa var andelen på 33,2 pst. i treårsperioden 2020–2022. Inntektsnivået heng tett saman med deltaking i arbeid. Innvandrargrupper med låge sysselsettingsandelar har også større risiko for å hamne under låginntektsgrensa. Medianinntekta er lågast blant flyktningar og høgast blant arbeidsinnvandrarar. Sysselsettinga blant kvinner med innvandrarbakgrunn er noko lågare (64,4 pst.) enn blant menn med innvandrarbakgrunn (71,9 pst.). Mens 38 pst. av alle innvandrarar med kort butid (tre år) tilhøyrde eit hushald med vedvarande låginntekt i 2022, var den tilsvarande andelen 19 pst. for dei med lang butid (ti år eller meir).
Barn i familiar med låginntekt
Eitt av ti barn lever i ei familie med vedvarande låginntekt. Sidan årstusenskiftet har denne andelen auka til dels kraftig, men dei siste åra har utviklinga snudd, jf. figur 3.15. I perioden kor tala auka, blir utviklinga knytt bl.a. til at det har blitt fleire barnefamiliar med svak yrkestilknyting. Mange av desse har innvandrarbakgrunn. Det har også vore ein auke i låginntekt blant barn i befolkninga elles, hovudsakleg blant barn som lever med ein einsleg forsørgar. Barn med bakgrunn frå landgrupper der familiane er store og yrkesaktiviteten blant mødrene er låg, er klart overrepresenterte i låginntektsgruppa. Av alle barn i hushald med vedvarande låginntekt har seks av ti innvandrarbakgrunn
Nedgangen vi no ser må sjåast i samanheng med auken i barnetrygd for dei yngste barna og lågare innvandring til Noreg i perioden fram til 2020.
Låginntekt blant alderspensjonistar og uføretrygda
Låginntekt i andre grupper, bl.a. alderspensjonistar, har gått betydeleg ned over tid. Dette må sjåast i samanheng med større yrkesaktivitet blant eldre og høgare pensjonsopptening blant nye pensjonistkull, og ei auke i minste pensjonsnivå for einslege alderspensjonistar. Etter ein lengre periode med klar nedgang i andelen alderspensjonistar med vedvarande låginntekt, har andelen halde seg relativt stabil dei siste åra og er i dag på om lag 8 pst. Aleinebuande minstepensjonistar er framleis sterkt overrepresenterte i låginntektsgruppa. Om lag 69 pst. av aleinebuande minstepensjonistar hadde vedvarande låginntekt i perioden 2020–2022.
Andelen uføretrygda med vedvarande låginntekt auka og var på 14,2 pst. i 2020–2022, mot 13,4 pst. i 2019–2021.
Levekår blant personar med låginntekt
Levekårsundersøkingane viser at låginntektshushaldningar i større grad enn andre hushald rapporterer om materielle og sosiale manglar. Personar med låginntekt har oftare dårleg helse, bur oftare aleine og har mindre sosial kontakt enn andre. Barn i låginntektshushald opplever oftare enn andre barn at dei ikkje har tilgang til dei same sosiale goda i form av fritidsaktivitetar, skoleaktivitetar og ferie som andre barn har.
Eurostat har utvikla ein indikator for risiko for fattigdom og sosial ekskludering («at–risk-of-poverty or social exclusion», AROPE) som dekker fleire levekårsfaktorar. Indikatoren fangar både opp dei som bur i eit hushald med (årleg) låginntekt, dei som høyrer til eit hushald med låg arbeidsintensitet, og dei som av økonomiske grunnar har betydelege materielle manglar. Ifølge AROPE-indikatoren er andelen av befolkninga med risiko for fattigdom og sosial ekskludering i Noreg blant dei lågaste i Europa. Om lag 16 pst. av befolkninga i Noreg var i risikosona for fattigdom eller sosial ekskludering i 2023, mot i overkant av 21 pst. i gjennomsnitt i EU.
Det er stor forskjell på å ha ei gitt kontantinntekt i eit land der sentrale velferdstenester er gratis eller subsidierte, og å ha den same inntekta i eit land der slike tenester må kjøpast i den private marknaden. Som følge av eit generelt høgt inntektsnivå er dessutan låginntektsgrensa høgare i Noreg enn i dei fleste andre land, og låginntektsgruppa har derfor ein høgare levestandard her enn i land med eit lågare gjennomsnittleg inntektsnivå. Det kan likevel vere utfordrande å ha låg inntekt i eit land som Noreg, der store delar av befolkninga har høg levestandard og gode levekår.
Når verdien av offentlege tenester blir inkludert i inntektene til hushalda blir anslaga for ulikskap og fattigdom lågare enn det som er kjent frå den offisielle statistikken. Studiar har vist at ulikskapen i inntekt (basert på inntekt etter skattar og overføringar) i Noreg blir redusert med om lag 20 pst. dersom verdien av statlege og kommunale tenester blir lagd til inntektene til hushalda.12 Det er også anslått at andelen med låginntekt blir nærmare halvert dersom ein reknar med verdien av kommunale tenester.
Dei siste åra har det vore ein høg prisvekst på viktige varer som mat, straum og drivstoff, men no er prisveksten på veg ned. Dei som har ein pressa økonomi frå før, er likevel meir utsette for å bli råka av dei auka kostnadane.
3.6 Utviklinga i helserelaterte ytingar
Mange mottakarar i Noreg samanlikna med i andre land
Andelen av befolkninga som tar imot helserelaterte ytingar, er høgare i Noreg enn i dei fleste andre land.13 Helserelaterte ytingar omfattar her sjukepengar, arbeidsavklaringspengar og uføretrygd. Ifølge OECD er både sjukefråværet og den samla andelen mottakarar av arbeidsavklaringspengar og uføretrygd høgare i Noreg enn fråværet og andelen som tar imot liknande ytingar i samanliknbare land, jf. figur 3.16.
At Noreg har mange mottakarar av helserelaterte ytingar, er dels eit uttrykk for eit godt utbygd velferdssystem med mål om sosial og økonomisk utjamning. Vidare fører ein høg andel sysselsette til at fleire har rett til inntektsrelaterte ytingar, og det påverkar også kva nivå dei kan få på ytingane. I tillegg er vilkåra for ulike ytingar ulike i forskjellige land. Samtidig som Noreg har ein høg andel mottakarar av helserelaterte ytingar, er arbeidsløysa lågare og andelen sysselsette høgare enn i mange andre OECD-land, jf. punkt 3.2 Situasjonen i arbeidsmarknaden.
Stabil andel mottakarar
Frå 2003 til 2010 låg andelen mottakarar av helserelaterte ytingar14 forholdsvis stabilt på rundt 18 pst., jf. figur 3.17. Andelen minka så fram til 2019, men har auka betydeleg dei siste fire åra. I 2023 var andelen 18,3 pst. I antal var det ved utgangen av 2023 drygt 640 000 personar som fekk helserelaterte ytingar.15 Det er rundt 108 000 fleire enn 20 år tidlegare.
Andelen av befolkninga som tar imot sjukepengar, gjekk svakt nedover i perioden 2009–2012 og låg deretter ganske stabilt fram til koronapandemien. Andelen auka under pandemien og fortsette å auke i 2022 og 2023. Årsakene til auken etter pandemien er truleg samansette. Veksten i sjukefråværsprosenten frå 2019 til 2023 kan i stor grad tilskrivast fleire lengre sjukefråvær, sjølv om det også har blitt mange fleire av dei korte sjukefråværa. Nesten halvparten (43 pst.) av auken i sjukefråværet frå 2019 til 2023 kjem av psykiske lidingar, der først og fremst psykiske symptom/plager og i mindre grad diagnosar som depresjon og angst står for auken. Auken i sjukefråværet på grunn av psykiske lidingar har vore betydeleg sterkare blant dei under 40 år.16
Andelen av befolkninga som tar imot arbeidsavklaringspengar, gjekk ned frå 201117 fram til utbrotet av pandemien, sjå figur 3.18. Andelen med uføretrygd gjekk ned frå 2004 til 2009, etter innføringa av tidsavgrensa uførestønad. I dei påfølgande åra var andelen forholdsvis stabil, men han auka igjen frå 2016 til 2020. Denne auken må bl.a. sjåast i samanheng med nedgangen i mottak av arbeidsavklaringspengar fram til 2019.18 Etter 2019 har andelen mottakarar av arbeidsavklaringspengar auka, mens andelen mottakarar av uføretrygd har flata ut.
Overgang mellom ytingane
Det er ein nær samanheng mellom utviklinga i dei ulike helserelaterte ytingane. Blant dei som begynte å ta imot arbeidsavklaringspengar i første kvartal 2024, tok 67 pst. imot sjukepengar to månader tidlegare. Blant dei som slutta å ta imot arbeidsavklaringspengar i 2023, tok 37 pst. imot uføretrygd seks månader seinare (utan å kombinere dette med arbeid). Den reelle overgangen til uføretrygd var likevel større, sidan det i tillegg var 11 pst. som kombinerte arbeid og uføretrygd. Statistikk for nye mottakarar av uføretrygd i løpet av hele 2023 viser dessutan at 77 pst. av desse var registrerte som mottakarar av arbeidsavklaringspengar to månader før dei begynte å få uføretrygd.
Mange kombinerer ei helserelatert yting med arbeid
Å ta imot ei helserelatert yting er ikkje nødvendigvis det same som å stå utanfor arbeidslivet. Fleire av dei som tar imot ei helserelatert yting, har eit arbeidsforhold som dei har midlertidig fråvær frå. Andre kombinerer arbeid med ei gradert (delvis) trygdeyting. Mange tar dessutan imot ei yting berre delar av året, og går tilbake til arbeid etter ei stund. Dette gjeld særleg tidleg i stønadsforløpet. Talet på mottakarar av helserelaterte ytingar speglar derfor ikkje talet på personar som står utanfor arbeidslivet.
Tilknytinga til arbeidslivet varierer mellom ordningane og speglar utforminga av desse. I sjukepengeordninga er gjennomstrøyminga av mottakarar stor.19 Dei aller fleste sjukepengemottakarar er også i eit arbeidsforhold. Nesten halvparten (49 pst.) av alle som var sjukmelde utover arbeidsgivarperioden på 16 dagar i 2023, kombinerte arbeid og sjukepengar gjennom bruk av gradert sjukmelding på eitt eller fleire tidspunkt av sjukepengeperioden. Av alle avslutta sjukefråværstilfelle med varigheit over 16 dagar i 2023, var meir enn ni av ti registrerte i arbeid seks månader etter ein avslutta sjukmeldingsperiode (enten berre i arbeid eller i arbeid kombinert med ei yting).
Også for mottakarar av arbeidsavklaringspengar er gjennomstrøyminga forholdsvis stor. Gjennomsnittleg varigheit ved avgang frå arbeidsavklaringspengar i 2023 var i overkant av 27 månader, altså noko meir enn to år20. Nær éin av tre (32 pst.)21 av dei som fekk arbeidsavklaringspengar var i arbeid på eitt eller fleire tidspunkt i løpet av 2023. Av dei som slutta å ta imot arbeidsavklaringspengar i løpet av 2023, var rundt 38 pst. i arbeid seks månader seinare. Av dei var drygt halvparten berre i arbeid, enten på heiltid eller på deltid, mens resten kombinerte arbeid med ei yting – i mange tilfelle uføretrygd.
Svært få sluttar å ta i mot uføretrygd og begynner å jobbe heiltid. Men ein del mottakarar av uføretrygd vil i periodar arbeide noko ved sida av uføretrygda. I løpet av 2023 var éin av fem (21 pst.) av alle som tok imot gradert eller heil uføretrygd, i arbeid på eitt eller fleire tidspunkt.22 Regjeringa vil utvide dagens unntak frå tilbakekrevjing av uføretrygd ved såkalla arbeidsforsøk, for å tryggje uføre som vil prøve seg i arbeid, sjå punkt 2.2.5 Meir fleksible reglar for uføre som kjem tilbake i arbeid.
Nokre faktorar bak utviklinga
Forklaringa på utviklinga i bruken av helserelaterte ytingar over tid er samansett. Ettersom det er store forskjellar i mottaket av desse ytingane mellom kjønn, aldersgrupper og befolkningsgrupper, vil endringar i befolkningssamansettinga på lengre sikt kunne påverke utviklinga i andelen mottakarar. I kva grad det finst tilgjengeleg arbeid for personar med nedsett arbeids- eller inntektsevne, har også betydning for kor mange som tar imot ytingane. Den høge andelen som tar imot ei helserelatert yting, er dermed til ei viss grad eit uttrykk for at personar med helseproblem har utfordringar med å få innpass i arbeidslivet. På kortare sikt kan også konjunktursituasjonen påverke utviklinga i bruken av ytingane. I tillegg kan regelendringar påverke både den samla bruken av ytingane og fordelinga mellom dei.
Fleire analysar viser at utviklinga i sjukefråværet har stor betydning for antalet nye mottakarar av andre helserelaterte ytingar. Når antalet som bruker opp sjukepengerettane går ned, blir det isolert sett også færre som går over til meir langvarige helserelaterte ytingar.23
For ungdom i gråsona mellom arbeidsløyse og helseproblem som får innvilga arbeidsavklaringspengar i staden for dagpengar eller økonomisk sosialhjelp, er det påvist større risiko for overgang til varig uføretrygd.24 Nedgangskonjunkturar kan derfor gi uheldige langtidseffektar.
Sidan 2001 har det blitt fleire i dei eldste aldersgruppene i arbeidsdyktig alder i Noreg. Ettersom helsa blir dårlegare med alderen, bidrar dette isolert sett til at fleire tar imot helserelaterte ytingar. I dei eldste aldersgruppene har samtidig ein stadig lågare andel tatt i mot helserelaterte ytingar frå 2002 og fram til koronapandemien slo inn i 2020, jf. figur 3.19. Det må sjåast i samanheng med auka utdanningsnivå i befolkninga. I tillegg bidrar betre helse i befolkninga.
Høgare levealder er det tydelegaste målet på betra helsetilstand i befolkninga. Sidan 2002 har den forventa levealderen auka betydeleg. Den forbetra helsetilstanden i befolkninga vil isolert sett trekke i retning av redusert mottak av helserelaterte ytingar. Dersom det har blitt lettare enn før å vere i arbeidslivet med redusert helse, vil også dette trekke i retning av ein lågare andel på helserelaterte ytingar.25 Endringar i regelverk, inkludert større satsing på aktivitetskrav, større vekt på kontakt med arbeidslivet i sjukdomsperioden, endringar i vilkår for stønadene og maksimale stønadsperiodar, samt endringar i regelverket for tilgrensande ordningar som alderspensjon, verkar også inn på utviklinga. I perioden frå 2003 til 2023 har andelen i alderen 60–66 år som tar imot ei helserelatert yting gått ned frå om lag 41 pst. til om lag 33 pst., jf. figur 3.19.
For unge i alderen 18–29 år har andelen mottakarar av helserelaterte ytingar vore forholdsvis stabil og variert mellom 6,6 pst. og 7,2 pst. i perioden 2003–2019, jf. figur 3.19. Andelen har deretter auka under og etter koronapandemien til 8,1 pst. i 2023. Andelen unge mottakarar av sjukepengar og arbeidsavklaringspengar gjekk ned frå 2003 til 2019, samtidig som andelen som tok imot uføretrygd auka. Frå 2020 til 2023 har andelen unge med alle dei tre ytingane auka.
Noko av auken i andelen med uføretrygd kjem av at fleire barn med alvorlege helseproblem veks opp og når vaksen alder. I tillegg har avviklinga av den tidlegare ordninga med tidsavgrensa uførestønad (2004–2010) ført til at fleire unge får innvilga uføretrygd på eit tidlegare tidspunkt i staden for først å gå på den midlertidige stønaden.26 Innføringa av arbeidsavklaringspengar med ei fast lengde har bidratt til at avklaringa skjer raskare enn tidlegare. Sannsynet for at personar under 30 år får innvilga uføretrygd ti år etter å ha starta i eit oppfølgingsforløp på arbeidsavklaringspengar, har derfor blitt større i perioden 2012–2022 enn det var for dei som starta i eit forløp med ei midlertidig helseyting i perioden mellom 1993–2008.27 Det er færre som ti år seinare deltar i arbeidsstyrken utan helserelaterte trygdeytingar, men litt fleire som kombinerer uføretrygd med arbeid. Det er også færre som er registrerte med nedsett arbeidsevne og ei midlertidig helseyting ved start etter 2010; altså ein større andel som er endeleg «avklart».
Innvandringa har vore høg frå midten av 2000-talet, og i periodar har særleg arbeidsinnvandringa vore høg. Den høge arbeidsinnvandringa har bidratt til å trekke ned andelen som tar imot helserelaterte ytingar, fordi innvandringa har vore særleg stor i aldersgrupper med låg trygdetilbøyelegheit. I tillegg har nykomne innvandrarar i mindre grad opparbeidd seg trygderettar. Figur 3.20 viser at andelen mottakarar av helserelaterte ytingar blant busette som er fødde i Noreg, i heile perioden har vore større enn andelen blant alle busette. Differansen mellom gruppene auka fram t.o.m. 2014, og har deretter vore uendra fram t.o.m. 2019. I dei fire siste åra har differansen vore noko lågare.
Studiar har vist at fleire innvandrargrupper på lengre sikt har hatt fallande sysselsettingsandelar og auka overgang til helserelaterte ytingar.28 I den grad innvandrarar buset seg permanent i Noreg, vil effekten av innvandringa på mottak av helserelaterte ytingar i befolkninga dermed kunne endre seg over tid.
Mange potensielle årsverk går tapt
Den samfunnsmessige betydninga av mottak av helserelaterte ytingar i befolkninga kan illustrerast med tapte årsverk som følge av mottaket av desse ytingane. Figur 3.21 viser utviklinga i denne størrelsen. Med tapte årsverk knytte til mottak av helserelaterte ytingar meiner ein her kor mange ekstra årsverk det ville utgjort dersom alle som hadde legemeldt sjukefråvær eller tok imot arbeidsavklaringspengar eller uføretrygd, i staden hadde vore i heiltidsarbeid. Tala gir eit mål på ein teoretisk arbeidskraftreserve, og kan ikkje tolkast som eit realistisk anslag over kor mange som kan komme i arbeid.
I motsetting til statistikken over talet på mottakarar (sjå omtale ovanfor) tar berekninga av tapte årsverk omsyn til kor stor andel av ei full yting kvar person tar imot, og kor stor del av året personen tar imot ei yting. Dette gjer at talet på potensielle årsverk som går tapt som følge av mottak av helserelaterte ytingar, er lågare enn andelen mottakarar av helserelaterte ytingar. Utviklinga over tid er likevel forholdsvis lik for dei to størrelsane.
Det ligg mange personar bak dei tapte årsverka som er presenterte i figur 3.21. I 2023 var det 1,51 millionar unike personar bak 598 000 tapte årsverk.29 Det inneber eit gjennomsnitt på 2,5 personar per tapte årsverk. Sidan det er store forskjellar i graderinga og varigheita på mottaket av dei ulike ytingane, er det tilsvarande forskjellar i kor mange personar som ligg bak kvart tapte årsverk i dei ulike ordningane. Ettersom dei fleste sjukefråvær er korte, ligg det 8,1 personar bak kvart tapte årsverk i kategorien sjukefråvær. For personar som tar imot arbeidsavklaringspengar, ligg det 1,5 personar bak kvart tapte årsverk, medan det i kategorien uføretrygd ligg 1,1 personar bak kvart tapte årsverk.
Tapte årsverk som andel av folketalet har variert lite over år. Frå 2001 til 2009 auka andelen noko, men har minka eller vore om lag uendra kvart år frå 2010 til 2019. Dei siste fire åra har andelen igjen auka monaleg, til det høgaste nivået i perioden. Alle dei tre ytingane har medverka til auken. Utviklinga i tapte årsverk blir påverka av dei same forholda som utviklinga i dei helserelaterte ytingane, jf. omtale ovanfor.
Samansettinga av dei ulike ytingane endrar seg over tid. Figur 3.22 viser fordelinga av tapte årsverk knytt til sjukepengar, arbeidsavklaringspengar og uføretrygd som andel av det totalet antalet tapte årsverk i 2013 og 2023. Uføretrygd står for ein større andel av dei tapte årsverka i 2023 enn i 2013. Mottakarar av uføretrygd står generelt lengre unna arbeidsmarknaden enn mottakarar av dei to andre ytingane. Samtidig er dagens fordeling om lag den same som i 2001.
3.7 Pensjon
Regjeringspartia og partia Høgre, Sosialistisk Venstreparti, Venstre, Kristeleg Folkeparti og Miljøpartiet Dei Grøne inngjekk våren 2024 ei avtale om justeringar i regelverket for pensjon, med mål om å styrke den sosiale berekrafta i pensjonssystemet. Avtalepartane stiller seg bak forslaga til regjeringa i Meld. St. 6 (2023–2024) Et forbedret pensjonssystem med en styrket sosial profil. Sjå nærmare omtale under del II, punkt 6.7 Gode og føreseielege pensjonar for dagens og framtidige generasjonar og programkategori 29.70 Alderdom. Framskrivingane nedanfor tar utgangspunkt i gjeldande regelverk utan endringane som følger av pensjonsavtalen.
Figur 3.23 viser den historiske utviklinga i antal mottakarar av alderspensjon frå folketrygda i perioden 1980–2023, og dessutan framskrivingar til 2050. Ved utgangen av 2023 var det 1 039 500 mottakarar av alderspensjon frå folketrygda.
Antalet har auka sterkt etter 2011, som følge av at ein da kunne ta ut alderspensjon frå ein fylte 62 år. Veksttakten har vore fallande fram mot 2022, før veksten auka noko i 2023. Frå 2025 er det forventa noko høgare vekst som følge av at ny avtalefesta pensjon (AFP) i offentleg sektor blir fasa inn. Etter 2030 fell veksttakten i framskrivingane gradvis til om lag 1 pst. per år i 2050.
Frå 2023 til 2030 er utgiftene til alderspensjon frå folketrygda anslått å auke frå om lag 297 mrd. kroner til om lag 336 mrd. kroner (2023–kroner). Det er ein vekst på 40 mrd. kroner, eller 17 pst. Berekningar frå SSB anslår at auken frå 2018 til 2060 vil vere 50 pst., 128 mrd. kroner målt i faste 2021-lønningar, og at auken ville vore dobbelt så stor utan pensjonsreforma.30
Utover framskriving av utgifter til alderspensjon frå folketrygda over statsbudsjetta kan framtidige forpliktingar til pensjon også illustrerast ved berekningar av verdien av allereie opparbeidde pensjonsrettar. Ved inngangen til 2024 utgjorde opparbeidde rettar til alderspensjon frå folketrygda om lag 10 900 mrd. kroner. Det utgjer om lag 287 pst. av BNP for Fastlands-Noreg.
Levealderen i befolkninga aukar stadig, og dette bidrar til veksten i talet på mottakarar av alderspensjon. I 1980 var forventa levealder for menn 72 år og for kvinner 79 år. I 2023 hadde den forventa levealderen for menn og kvinner auka til høvesvis 81 år og 85 år. Forventa levealder er i middelalternativet i SSBs befolkningsframskrivingar frå 2024 anslått å auke vidare til 87 år for menn og 90 år for kvinner i 2060.
Som følge av at fleire tar høgare utdanning, kjem mange seinare ut i yrkeslivet enn tidlegare. Talet på yrkesaktive per alderspensjonist og uføretrygda har minka frå 3,5 da folketrygda blei etablert i 1967, til 2,1 i 2023.31 Venteleg vil talet halde fram med å gå ned – til 1,5 i 2060. Denne utviklinga stiller offentlege finansar overfor store utfordringar i dei kommande åra, og pensjonsreforma frå 2011 er eit viktig bidrag til å sikre velferdsstaten i framtida.
Arbeids- og velferdsdirektoratet har anslått verknader av pensjonsreforma på utgiftene til alderspensjon, både frå folketrygda samla og fordelte på ulike komponentar i perioden 2011–2023. I figur 3.24 er dei ulike komponentane definerte slik:
-
Skjermingstillegg er effekten av tillegget som skjermer uføre alderspensjonistar mot delar av levealdersjusteringa.
-
Fleksibel pensjonsalder er dei samla endringane i utgifter som heng saman med at den enkelte sjølv kan velje når pensjonen skal takast ut mellom 62 og 75 år. Dette inkluderer følgande effektar:
-
Meirutgiftene til personar som tar ut pensjonen før den gamle pensjonsalderen på 67 år, og dei seinare innsparingane etter 67 år ved at denne gruppa får lågare alderspensjon livet ut.
-
Innsparinga som følge av at enkelte utset pensjonsuttaket til etter den gamle pensjonsalderen på 67 år, og seinare meirutgifter som følge av at denne gruppa får høgare alderspensjon livet ut.
-
-
Levealdersjustering inneber at alderspensjonen blir justert ut frå forventa levealder for kvart årskull. Effekten angir innsparinga som følge av levealdersjusteringa under føresetnad av uttak av alderspensjon ved 67 år.
-
Endra indeksering er innsparinga som følge av at pensjonar under utbetaling blir regulerte lågare enn lønnsveksten.
Reforma har samla bidratt til å redusere utgiftene til alderspensjon i folketrygda med anslagsvis 9,6 mrd. kroner i 2023. Innsparingselementa i pensjonsreforma får meir å seie over tid, bl.a. som følge av levealdersjusteringa.
Frå 2015 er det anslått at veksten i utgiftene til alderspensjon har vore lågare med pensjonsreforma enn han ville vore utan reforma. 2021 er det første året pensjonsutgiftene er berekna å ha vore lågare med pensjonsreforma enn utan.
Effekten av fleksibel pensjon har til no blitt klart dominert av uttak av alderspensjon før 67 år. Meirutgiftene til alderspensjon frå folketrygda på grunn av fleksibel pensjonering har auka gradvis frå 2011 til 2016. Frå 2017 har desse meirutgiftene minka, og i 2023 er dei anslått til 10,4 mrd. kroner. Omfanget av tidleg uttak ser no ut til å gradvis gå noko ned. Som følge av dei nøytrale uttaksreglane, der tidleg uttak gir lågare årleg pensjon, vil dei auka utgiftene som følger av tidleg uttak, på kort sikt bli motverka av reduserte utgifter på lengre sikt. Denne effekten, kalla nøytralt uttak, vil komme gradvis, slik at dei auka utgiftene på grunn av tidleg uttak vil halde fram med å dominere dei nærmaste åra. Få personar har foreløpig utsett uttaket av pensjon til etter 67 år.
Levealdersjusteringa ved 67 år har foreløpig hatt avgrensa effekt, ettersom justeringa berre gjeld nye mottakarar av alderspensjon frå 2011. Innsparinga som følge av levealdersjusteringa blir redusert av at dei første årskulla er delvis skjerma for effekten av levealdersjusteringa. Innsparinga ved levealdersjusteringa er berekna til 9,7 mrd. kroner i 2023. Effekten av levealdersjusteringa vil bli sterkare over tid, og yngre årskull vil i betydeleg grad bidra til innsparing gjennom levealdersjustering. Innsparingar som følge av pensjonsreforma dei første åra er særleg knytte til ny regulering av pensjon under utbetaling, som gjeld alle alderspensjonistar. Den nye reguleringa er isolert sett berekna å ha bidratt til innsparingar på 10,9 mrd. kroner i 2023 samanlikna med om alderspensjonen hadde vore lønnsregulert frå 2011. Innsparinga må sjåast i lys av den sterke auken i utgiftene til alderspensjon som følge av auken i talet på eldre.
Pensjonsreforma tar sikte på å etablere eit berekraftig pensjonssystem som gir ei rimeleg byrdefordeling mellom generasjonane. Mens levealdersjusteringa vil bidra til betydelege innsparingar frå yngre generasjonar, har bidraget frå dei som i dag er eldre i hovudsak samanheng med dei nye reglane for regulering av pensjon under utbetaling. Med dei utfordringane vi står overfor når det gjeld finansieringa av velferdsordningane, er det rimeleg at også dei eldre bidrar til å sikre eit berekraftig pensjonssystem.
Frå 2022 blir alderspensjon under utbetaling regulert årleg med gjennomsnittet av lønns- og prisveksten, jf. Prop. 41 L (2021–2022), Innst. 194 L (2021–2022) og Lovvedtak 50 (2021–2022). Dei nye reglane gir ei jamnare utvikling av pensjonane enn tidlegare, og ein unngår at alderspensjonistane får nedgang i realinntekta når lønnstakarane får reallønnsvekst, slik tilfellet har vore fleire gonger dei siste åra.
Figur 3.25 viser realveksten i median samla inntekt etter skatt for ulike aldersgrupper i perioden 2012–2022. For aldersgruppa 60 år og eldre sett under eitt har realveksten i samla inntekt etter skatt vore om lag 8 pst. Veksten for aldersgruppa 62–66 år kjem i stor grad av høgare yrkesaktivitet og at mange under 67 år tar ut pensjon mens dei framleis er i jobb. For dei eldste er særleg høgare pensjonar som følge av auka pensjonsopptening ei viktig årsak, samtidig som tidleg uttak av alderspensjon og levealdersjustering trekker i motsett retning for årskulla 1944 og yngre.
Skattereglane behandlar pensjon gunstigare enn yrkesinntekt. For eksempel er trygdeavgifta lågare, og det er eit frådrag i inntektsskatt og trygdeavgift for pensjonistar opp til eit visst beløp på pensjonsinntekta som er dimensjonert slik at minstepensjonistar ikkje betaler skatt. Skattefrådraget blir trappa ned med størrelsen på pensjonen. Dette, kombinert med eit progressivt skattesystem der progressiviteten i skattereglane for pensjon er ekstra sterk, gjer at veksten i inntekt før og etter skatt varierer noko mellom dei ulike aldersgruppene.
3.8 Utvikling i utgiftene til folketrygda
Her følger ei oversikt over realveksten for dei sentrale stønadene på Arbeids- og inkluderingsdepartementets ansvarsområde og ei oversikt over utviklinga i talet på mottakarar og gjennomsnittleg yting.
Tabellen Utviklinga i utgiftene til folketrygda etter stønadstype 2017–2025 under viser utviklinga i utgiftene til folketrygda i nominell verdi og realvekst i pst. Beløpa for perioden 2017–2023 er baserte på rekneskapstal, mens beløpa for 2024 er anslag på rekneskap. For 2025 blir utgiftsanslag som følger av regjeringa sitt budsjettforslag i Gul bok 2025, brukte.
Tal for realvekst i tabellen under illustrerer utgiftsendringar utover endringar som kjem av generell prisvekst, lønnsvekst eller andre faste reguleringar som gjeld for dei ulike stønadene. Endringar i sjukepengeutgiftene kjem bl.a. av endringar i det trygdefinansierte fråværet og antal sysselsette. Auken i utgiftene til alderspensjon kjem av ein auke i antal pensjonistar og at nye pensjonistar i gjennomsnitt har høgare pensjon enn dei som fell frå. For uføretrygd og andre stønader illustrerer tala hovudsakleg endringar i antal mottakarar.
For sjukepengar og dagpengar kjem realveksten fram ved at utgiftene blir justerte for lønnsutviklinga. Utgiftene til arbeidsavklaringspengar, uføretrygd, einslege forsørgarar og etterlatne blir justerte for utviklinga i grunnbeløpet (G) i folketrygda, mens det for alderspensjon i åra etter 2011 er tatt omsyn til at dei fleste pensjonar under utbetaling har blitt justerte med G fråtrekt 0,75 pst.32 Realveksten viser dermed ikkje effekten av at alderspensjon i hovudsak har blitt regulert med ein lågare sats enn f.eks. arbeidsavklaringspengar og uføretrygd. Dette går fram av dei nominelle tala.
Samla sett har det vore ein realvekst i utgiftene til folketrygda kvart år i perioden tabellen gjeld for, det vil seie etter 2017. Utgiftsveksten i desse rettsbaserte ordningane har avgrensa handlingsrommet i budsjettpolitikken i betydeleg grad, og dette er forventa å gjelde også i dei kommande åra ved ei vidareføring av dagens regelverk.
Utviklinga i utgiftene til folketrygda etter stønadstype1 2017–2025. I nominelle mrd. kroner og gjennomsnittleg årleg realvekst2
Stønadsutgifter |
Nominell verdi |
Gjennomsnittleg årleg realvekst i pst. |
|||||
---|---|---|---|---|---|---|---|
2017 |
2021 |
2024 |
2025 |
2017–2021 |
2021–2024 |
2024–2025 |
|
Sjukepengar |
39,8 |
50,3 |
67,5 |
71,3 |
2,7 |
5,1 |
1,1 |
Arbeidsavklaringspengar |
34,8 |
33,7 |
47,2 |
50,8 |
-3,6 |
6,3 |
3,0 |
Uførleik |
83,1 |
104,0 |
125,0 |
132,7 |
2,8 |
1,0 |
1,6 |
Alderspensjon |
211,2 |
256,9 |
316,6 |
335,6 |
2,7 |
2,5 |
2,2 |
Stønad til einsleg forsørgar og etterlatne |
4,4 |
3,8 |
5,0 |
5,1 |
-6,5 |
4,5 |
-2,3 |
Dagpengar |
13,9 |
26,0 |
12,6 |
14,2 |
13,2 |
-25,1 |
8,3 |
Stønad til meirutgifter3 |
10,2 |
10,7 |
14,2 |
15,2 |
-1,1 |
4,6 |
4,0 |
Sum |
397,4 |
485,4 |
588,1 |
625,0 |
2,5 |
1,7 |
2,1 |
Sum, ekskl. dagpengar | 383,4 | 459,4 | 575,5 | 610,7 | 2,0 | 2,8 | 2,0 |
1 Det er korrigert for større tekniske endringar i perioden. Utgifter til bidragsforskott er for eksempel ikkje medrekna (heller ikke for 2022 og tidligare), ettersom ansvaret for ordninga blei overført til Barne- og familiedepartementet frå 2023.
2 Stønadsutgiftene følgjer kapittelstrukturen.
3 Stønad til meirutgifter består av Grunn- og hjelpestønad, hjelpemiddel m.m. (kap. 2661, fråtrekt inntekter på 5701.88 Hjelpemiddelsentralar m.m.) og Stønad ved gravferd (kap. 2686).
Hovudtrekka i utviklinga som ligg til grunn for realveksttabellen, er:
Sjukepengar
I tillegg til sjukepengar, omfattar utgiftskapitlet også pleie-, opplærings- og omsorgspengar. Sysselsettingsvekst bidrar til å trekke realveksten opp. Det same gjer vekst i det trygdefinansierte sjukefråværet. Regelendringar som auka kompensasjonsgrad for sjukepengar til sjølvstendig næringsdrivande i 2017 og 2019 og pleiepengereforma frå 2017 har òg medverka til auka vekst.
Realveksten var svakt negativ i 2018 og svakt positiv i 2019, og i sum om lag uendra. I 2020–2022 var realveksten i utgiftene sterkt prega av koronapandemien og midlertidige regelendringar for både sjukepengar og omsorgspengar. Dette bidrog til ein realvekst i utgiftene på 15,3 pst. i 2020, ein nedgang på 3,5 pst. i 2021 og ein ny vekst på 1,9 pst. i 2022. I 2023 var realveksten 10,3 pst., medan vi ventar 3,3 pst. vekst i 2024. Sterk vekst i både det trygdefinansierte sjukefråværet og i bruken av pleiepengar er skyld i dette. Realveksten i 2025 er anslått til 1,1 pst. Det svarer til ein auke på om lag 0,8 mrd. 2025-kroner.
Arbeidsavklaringspengar
1. mars 2010 blei rehabiliteringspengar, attføringspengar og tidsavgrensa uførestønad erstatta av arbeidsavklaringspengar. Ein auke i talet på mottakarar førte til realutgiftsvekst i åra 2010–2011, medan ein reduksjon i talet på mottakarar førte til utgiftsnedgang i perioden 2012–2019. Midlertidige regelendringar, generelle forseinkingar i avklaringsløpa og ein lengre periode med auke i arbeidsløysa under koronapandemien bidrog til låg avgang frå ordninga frå og med 2020. Frå 2022 spelar òg nye reglar inn som i større grad enn tidlegare gir høve til å ta imot ytinga utover varigheitsgrensa på tre år, eller å få innvilga ein ny stønadsperiode. Tilgangen har òg auka noko etter 2019. Det kan ha ulike årsakar, men frå 2021 skuldast det særleg høgare sjukefråvær. Auke i tilgangen og lågare avgang har førd til vekst i talet på mottakarar i perioden 2020–2023, og til sterk realutgiftsvekst i åra 2021–2023. Talet på mottakarar har fortsett å auke i 2024. Realveksten i utgiftene til arbeidsavklaringspengar i 2024 er anslått til 9,2 pst. Veksten i talet på mottakarar er venta å avta i 2025, og vi ventar ein realvekst på 3,0 pst., tilsvarande ein auke på om lag 1,5 mrd. 2025-kroner.
Uførleik
Utviklinga i talet på uføre heng særleg saman med befolkningsutviklinga og utviklinga for arbeidsavklaringspengar, sidan dei fleste nye uføre kjem frå arbeidsavklaringspengar. Det har vore ein realutgiftsvekst i alle åra frå 2010, bortsett frå i 2013 og 2014. Utgiftsveksten var særleg stor i 2018 og 2019, med 3,3 og 4,4 pst. Det heng saman med regelendringane for arbeidsavklaringspengar i 2018. I perioden 2020–2023, og særleg frå 2021, var veksten lågare som følge av midlertidige regelverksendringar for arbeidsavklaringspengar i samband med koronapandemien. I tillegg førte pandemien til forseinkingar i avklaringsløpa for mottakarar av arbeidsavklaringspengar. At det også etter pandemien har vore låg avgang frå arbeidsavklaringspengar, bidrar til å trekke utgiftsveksten for uføretrygd ned. I 2024 og 2025 er det forventa ein realvekst på 0,9 og 1,6 pst. I 2025 svarer det til ein auke på om lag 2,1 mrd. 2025-kroner.
Alderspensjon
Vekst i folketalet over 67 år, at nye generasjonar av pensjonistar har høgare pensjonsopptening enn før og fleire aukar av minste pensjonsnivå har bidratt til ein klar realutgiftsvekst i alle åra frå 2018. Frå og med 2021 har endra reguleringsreglar også bidratt til større vekst. Pensjonsreforma, samt nedgang i andelen som vel å ta ut alderspensjon før 67 år, har bidratt til å dempe veksten. I 2025 er det anslått at pensjonsreforma isolert sett vil redusere utgiftene til alderspensjon med om lag 16 mrd. kroner.
Utgiftene til alderspensjon vil auke betydeleg også i åra som kjem, hovudsakleg som følge av at det blir fleire alderspensjonistar over 67 år og dels fordi AFP-reforma i offentleg sektor frå 2025 fører til fleire alderspensjonistar under 67 år. I 2024 er det anslått at realveksten i utgiftene til folketrygda til alderspensjon vil vere på 2,1 pst. I 2025 blir realveksten for alderspensjon anslått til 2,2 pst., tilsvarande ein auke på om lag 7,1 mrd. 2025-kroner.
Stønader til einslege forsørgarar og etterlatne
Utgiftene til einslege forsørgarar og etterlatne har vore reelt avtakande i heile perioden fram til 2023. Nedgangen for einslege forsørgarar kan ha samanheng med større barnehagedekning, at fleire har delt omsorg, og at regelverket for å ta imot overgangsstønad har blitt stramma inn og gjort meir arbeidsretta. For etterlatne er årsaka til nedgangen høgare levealder, at stadig fleire enker og enkemenn er i arbeid og at færre barn mistar ein eller begge foreldre. I 2024 førde etterlatnereforma til ein betydeleg vekst som følge av høgare satsar og høgare øvre aldersgrense for barnepensjon. Framover vil den innførte tidsbegrensinga og at stadig fleire enker og enkemenn er i arbeid igjen, gi nedgang i utgiftene. Utgiftene vil også gå ned som følgje av høgare levealder, da færre vil bli etterlatne i yrkesaktiv alder. Realveksten i utgiftene til folketrygda til einslege forsørgarar og etterlatnepensjon mv. er anslått til -2,3 pst. i 2025, tilsvarande ein reduksjon på om lag 0,1 mrd. 2025-kroner
Dagpengar
Realveksten i utgiftene til dagpengar har variert frå år til år, frå kraftig nedgang til kraftig auke, som følgje av konjunkturendringar og konsekvensar av koronapandemien. Veksten var høgast i 2020 med 301,8 pst. og lågast i 2022 med ein reduksjon på 56,1 pst. I 2024 ventar vi en realvekst på 22,2 pst. I 2025 er veksten anslått til 8,3 pst., tilsvarande ein auke på 1,1 mrd. i 2025-kroner. Det skuldast bl.a. at vi ventar fleire dagpengemottakarar i 2025.
Stønader til å dekke meirutgifter
Stønader til å dekke meirutgifter inkluderer grunn- og hjelpestønad, hjelpemiddel m.m., samt stønad ved gravferd som utgjer om lag 2 pst. av utgiftene. I åra 2018–2022 var det i sum ein liten realnedgang, men med noko variasjon over tid. I 2020 var det ein særleg stor realnedgang på 3,3 pst., fordi koronapandemien førte til mindre etterspørsel etter hjelpemiddel og relaterte tenester. Utviklinga har sidan snudd til kraftig vekst, og realveksten i 2023 var på 8,8 pst. I 2024 og 2025 ventar vi ein realvekst på 6,3 og 4,0 pst. Veksten i 2025 svarer til ein auke på om lag 0,6 mrd. 2025-kroner. Årsaka til veksten er fleire eldre, høg prisvekst på importerte hjelpemiddel og fleire mottakarar av grunn- og hjelpestønad, bl.a. fordi fleire får diagnosen ADHD.
Mottakarar1 av sentrale ytingar 2018–2025. Gjennomsnittstal for året (utvalde stønadsgrupper)
2018 |
2019 |
2020 |
2021 |
2022 |
2023 |
2024 |
2025 |
Pst. endring frå 2018 til 2025 |
|
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
1. Varig inntektssikring |
|||||||||
Alderspensjon |
928 200 |
948 800 |
971 700 |
993 100 |
1 010 600 |
1 030 000 |
1 049 800 |
1 075 600 |
15,9 |
Uføretrygd |
332 500 |
346 800 |
356 500 |
360 200 |
362 900 |
366 300 |
369 500 |
374 600 |
12,7 |
Etterlatnepensjonar2 |
26 800 |
26 000 |
25 300 |
24 900 |
24 600 |
24 500 |
26 700 |
26 800 |
0,1 |
I alt |
1 287 600 |
1 321 700 |
1 353 400 |
1 378 100 |
1 398 200 |
1 420 800 |
1 446 000 |
1 477 000 |
14,7 |
2. Midlertidig inntektssikring |
|||||||||
Sjukepengar |
125 500 |
134 400 |
130 000 |
128 400 |
125 800 |
152 400 |
156 200 |
157 300 |
25,3 |
Arbeidsavklarings-pengar |
132 700 |
118 600 |
119 800 |
130 300 |
136 700 |
145 000 |
154 900 |
161 100 |
21,4 |
Overgangsstønad til einslege forsørgarar |
11 800 |
10 800 |
10 500 |
10 300 |
9 800 |
9 600 |
9 300 |
9 200 |
-21,9 |
Dagpengar til arbeidsledige |
53 200 |
46 100 |
139 700 |
109 400 |
40 700 |
36 700 |
41 300 |
45 200 |
-14,9 |
I alt |
323 100 |
309 800 |
400 000 |
378 400 |
313 000 |
343 600 |
361 700 |
372 800 |
15,4 |
3. Kompensasjon for meirutgifter |
|||||||||
Grunnstønad |
117 400 |
119 500 |
125 200 |
127 300 |
129 200 |
133 500 |
137 800 |
141 900 |
20,9 |
Hjelpestønad |
65 900 |
61 100 |
62 200 |
63 000 |
63 600 |
67 500 |
73 100 |
78 200 |
18,7 |
I alt |
183 200 |
180 600 |
187 400 |
190 300 |
192 800 |
201 000 |
210 900 |
220 200 |
20,1 |
1 Ein person kan ha fleire stønader. Summen av antal stønadsmottakarar i denne tabellen vil derfor vere høgare enn det reelle antalet personar som får stønad. Tal for 2024 og 2025 er anslag.
2 Etterlatnepensjonar inkluderer mottakarar av pensjon til gjenlevande ektefellar, barnepensjon og pensjon til tidlegare familiepleiarar.
Gjennomsnittleg yting1 for mottakarar av sentrale ytingar, 2018–2025. Tal i 2025-kroner2
2018 |
2019 |
2020 |
2021 |
2022 |
2023 |
2024 |
2025 |
Pst.vis endring frå 2018 til 2025 |
|
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
1. Varig inntektssikring |
|||||||||
Alderspensjon |
317 500 |
316 000 |
314 400 |
315 500 |
313 500 |
316 700 |
315 100 |
312 000 |
-1,7 |
Uføretrygd |
352 700 |
353 300 |
353 000 |
351 900 |
352 300 |
353 200 |
353 200 |
354 000 |
0,3 |
Etterlatnepensjonar3 |
317 500 |
316 000 |
314 400 |
315 500 |
313 500 |
316 700 |
315 100 |
311 600 |
-1,9 |
2. Midlertidig inntektssikring |
|||||||||
Sjukepengar |
393 000 |
375 900 |
435 300 |
431 200 |
447 500 |
407 800 |
407 900 |
407 900 |
3,8 |
Arbeidsavklaringspengar4 |
326 100 |
321 200 |
317 900 |
310 500 |
306 300 |
307 300 |
314 400 |
310 700 |
-4,7 |
Overgangsstønad til einslege forsørgarar |
206 600 |
204 900 |
202 000 |
192 800 |
189 000 |
181 900 |
180 900 |
180 900 |
-12,5 |
Dagpengar til arbeidsledige |
274 700 |
260 600 |
313 800 |
305 500 |
297 800 |
281 200 |
292 600 |
294 600 |
7,2 |
3. Kompensasjon for meirutgifter |
|||||||||
Grunnstønad |
20 800 |
18 000 |
15 700 |
14 600 |
13 700 |
13 300 |
13 500 |
13 500 |
-35,2 |
Hjelpestønad |
30 800 |
31 800 |
31 900 |
31 400 |
30 800 |
30 900 |
32 200 |
33 100 |
7,7 |
1 Gjennomsnittleg yting er berekna som rekneskapstal for året dividert med gjennomsnittleg antal mottakarar. Tal for 2024 og 2025 er anslag. For dei fleste ytingane vil dette tilsvare årleg yting, gitt at ein tar imot ytinga eit heilt år. For sjukepengar og arbeidsavklaringspengar er gjennomsnittleg antal mottakarar berekna som det gjennomsnittlege antalet som har fått ei utbetaling for kvar av månadene i året. Ettersom utbetalingane ikkje alltid gjeld heile månader, vil tala undervurdere årleg yting noko for desse to ytingane.
2 Alderspensjon, uføretrygd, etterlatnepensjonar, arbeidsavklaringspengar og overgangsstønad til einslege forsørgarar er deflaterte med veksten i grunnbeløpet i folketrygda (G). For sjukepengar og dagpengar blir gjennomsnittleg årslønnsvekst nytta, mens det for grunnstønad og hjelpestønad blir omrekna med konsumprisindeksen.
3 Etterlatnepensjonar inkluderer pensjon til gjenlevande ektefellar, barnepensjon og pensjon til tidlegare familiepleiarar.
4 Omfattar kap. 2651, post 70 (arbeidsavklaringspengar utan tilleggsstønader).
3.9 Kommunale stønader
Økonomisk sosialhjelp
Figur 3.26 viser utviklinga i talet på stønadsmottakarar og utgiftene til økonomisk sosialhjelp i løpet av året for perioden 2003–2023. Talet på sosialhjelpsmottakarar auka vesentleg i 2023. Det blei utbetalt totalt 9,8 mrd. kroner i økonomisk sosialhjelp i 2023. Dette var ein auke på 24,8 pst. i faste prisar samanlikna med 2022.
I løpet av 2023 fekk i alt 152 600 personar økonomisk sosialhjelp. Dette var 21 600 fleire enn i 2022, ein auke på 16 pst. Talet omfattar personar som tar imot stønad i minst éin månad i løpet av året, og gjeld både personar som får økonomisk sosialhjelp i tillegg til anna inntekt eller stønad, og personar som har stønaden som hovudkjelde til forsørging. Sidan tala i figur 3.26 illustrerer talet på mottakarar som tar imot sosialhjelp minst éin gong i løpet av året, kan ikkje desse tala samanliknast med behaldningstal for antal mottakarar av helserelaterte ytingar eller dagpengar. Ein analyse frå Arbeids- og velferdsdirektoratet33 viser at i 2023 var utgiftene til sosialhjelp og talet på sosialhjelpsmottakarar høgare enn det har vore sidan 2010. Auken frå 2022 til 2023 kan i hovudsak forklarast med at det kom svært mange fordrivne frå Ukraina til Noreg i denne perioden, men auken gjeld også trygdemottakarar som får supplerande sosialhjelp som følge av auken i rente- og prisnivået. Det blir vist til at 80 pst. av auken i både talet på mottakarar og utgiftar til sosialhjelp i perioden 2021 til 2023 kjem av fordrivne frå Ukraina.
I 2023 var 28 pst. av sosialhjelpsmottakarane under 30 år. Det er 0,4 prosentpoeng lågare enn nivået i 2022. Frå 2022 til 2023 auka likevel talet på mottakarar under 30 år med nærmare 5 400, ein auke på 14 pst.
I 2023 var andelen innvandrarar34 blant sosialhjelpsmottakarane på drygt 53 pst. Andelen har auka frå 49 pst. i 2022. Dette fører vidare ein lengre trend, og andelen var rundt 31 pst. i 2010. Auken over tid må sjåast i samanheng med at innvandrarbefolkninga har blitt større og at innvandrarar er overrepresenterte blant dei som ikkje har opptente rettar i folketrygda, bl.a. når det gjeld dei helserelaterte ytingane. Frå 2022 til 2023 auka talet på innvandrarar med sosialhjelp med 15 800 personar. Dette er ein sterk auke på 24 pst.
Einslege utan barn utgjer ein stor andel av sosialhjelpsmottakarane. I 2023 var 33 pst. av dei som fekk økonomisk sosialhjelp, einslege menn utan barn, mens 14 pst. var einslege kvinner utan barn. Drygt 25 pst. av mottakarane forsørgde barn under 18 år. Rundt 15 pst. av mottakarane var par utan barn.
Eit fleirtal av sosialhjelpsmottakarane har eit midlertidig og forbigåande hjelpebehov. Likevel er det ein ikkje ubetydeleg andel av sosialhjelpsmottakarane som får stønad over lang tid, som er gjengangarar eller i høg grad avhengige av stønad. 40 pst. av mottakarane hadde stønad i seks månader eller meir i 2023, mot 38 pst. i 2022. 21 pst. av mottakarane fekk stønad i ti til tolv månader. Dette er ein auke frå 19 pst. i 2022, men er samtidig på om lag same nivå som resten av perioden attende til 2017. Dette omfattar både personar med sosialhjelp som supplering til anna inntekt og personar som hadde sosialhjelp som den viktigaste inntekta si. I gjennomsnitt fekk sosialhjelpsmottakarane stønad i 5,3 månader i løpet av 2023. Dette er 0,2 månader meir enn i 2022, men er samtidig på om lag same nivå som dei føregående åra. Yngre mottakarar har gjennomgåande kortare stønadsperiodar enn eldre.
For alle sosialhjelpsmottakarar sett under eitt var det 36 pst. av mottakarane i 2023 som hadde sosialhjelp som den viktigaste inntekta si ved siste mottak av stønaden. Dette var den same andelen som i dei to føregåande åra. Ein stor andel av sosialhjelpsmottakarane får økonomisk sosialhjelp som supplement til ytingar frå folketrygda. Om lag 29 pst. av mottakarane hadde trygd eller pensjon som hovudinntekt i 2023. Dette er ein reduksjon på 1 prosentpoeng frå 2022. Vidare hadde 8 pst. av mottakarane introduksjonsstønad som hovudinntekt ved siste mottak av sosialhjelp. Det er ein auke på i overkant av 2 prosentpoeng frå 2022, og auken på forklarast med dei mange fordrivne frå Ukraina som har komme til Noreg. Om lag 2 pst. av sosialhjelpsmottakarane hadde kvalifiseringsstønad som hovudinntekt i 2023.
I 2023 var det 18 pst. av sosialhjelpsmottakarane som heilt eller delvis var i arbeid ved det siste mottaket av stønaden det året. Denne andelen var like høg som i 2022. Halvparten av desse arbeidde heiltid, resten arbeidde deltid. Avhengig av størrelsen på arbeidsinntekta, vil stønaden da enten vere eit supplement eller vere den viktigaste inntekta.
Kvalifiseringsstønad
Kvalifiseringsprogrammet med tilhøyrande kvalifiseringsstønad er ei lovpålagd oppgåve for alle kommunar.
Ved utgangen av 2023 var det rundt 7 400 deltakarar i kvalifiseringsprogrammet, ein auke frå om lag 6 800 ved utgangen av 2022. Av dei som gjennomførte eller planmessig avvikla programmet i 2023, gjekk 49 pst. til arbeid (heiltid, deltid, med eller utan lønnstilskot) ved programslutt, 2 prosentpoeng færre enn i 2022. Andelen deltakarar i kvalifiseringsprogrammet som er under 25 år, har dei siste åra lege på rundt 12 pst., men auka i 2023 til 16 pst. Andelen deltakarar som er fødde i utlandet, har auka dei seinare åra og er no i overkant av 60 pst.
4 Oppmodingsvedtak
Oppfølging av oppmodings- og utgreiingsvedtak
Nedanfor er ei oversikt over oppfølginga av oppmodings- og utgreiingsvedtak under Arbeids- og inkluderingsdepartementet. Oversikta inkluderer alle vedtak frå stortingssesjonen 2023–2024, og dei vedtaka frå tidlegare stortingssesjonar som kontroll- og konstitusjonskomiteen i lnnst. 239 S (2023–2024) mente ikkje var kvittert ut. Tabellen nedanfor visar også om departementet reknar med at rapporteringa om oppmodingsvedtaket no er avslutta eller om departementet vil rapportere konkret om vedtaket også i budsjettproposisjonen neste år.
Oversikt over oppmodings- og utgreiingsvedtak, ordna etter sesjon og nummer
Sesjon |
Vedtak nr. |
Stikkord |
Rapportering avslutta (Ja/Nei) |
---|---|---|---|
2023–2024 |
15 |
Legge til rette for at pensjonerte sjukepleiarar har gode insentiv for å jobbe i mindre stillingar i det offentlege |
Ja |
2023–2024 |
16 |
Greie ut medlemskap i pensjonsordning for sjukepleiarar for offentleg godkjente sjukepleiarar tilsett i bemanningsføretak |
Nei |
2023–2024 |
50 |
Bruken av omgrepa «tillitsvald» og «tariffavtale» i arbeidsmiljølova |
Ja |
2023–2024 |
52 |
Strategi for å styrke ideell sektor sin rolle og tilbod på arbeids- og velferdsfeltet |
Nei |
2023–2024 |
56 |
Representantforslag om betre ordningar for sjølvstendige og frilansarar ved svangerskap og sjukdom |
Nei |
2023–2024 |
69 |
Oppdatering av rettleiaren om økonomisk sosialhjelp i lys av SIFO-rapport om grunnlaget for dei statlege rettleiande satsane for økonomisk sosialhjelp |
Ja |
2023–2024 |
147 |
Regelverket for pårørande sine permisjonsmoglegheiter i arbeidslivet |
Nei |
2023–2024 |
438 |
Representantforslag om effektivisering av bilstøtteordninga i Nav – saksbehandlingstid |
Ja |
2023–2024 |
439 |
Representantforslag om effektivisering av bilstøtteordninga i Nav – gjennomgang av regelverk og organisering |
Ja |
2023–2024 |
550 |
Sikre krigsseglarane som får krigspensjon ein verdig alderdom |
Ja |
2023–2024 |
643 |
Utgreiing om å fjerne unntaket for helsesektoren i regelverket for innleige |
Nei |
2023–2024 |
660 |
Representantforslag om konkrete tiltak mot æreskriminalitet – økt kunnskap og kompetanse |
Nei |
2023–2024 |
661 |
Representantforslag om konkrete tiltak mot æreskriminalitet – barn og unge som er i utlandet mot sin vilje |
Nei |
2023–2024 |
728 |
Representantforslag om å greie ut korleis staten kan overta inndrivinga ved dei meir openberre tilfella av lønnstjuveri |
Nei |
2023–2024 |
770 |
Endringar i ekteskapslova (forbod mot ekteskap mellom nære slektningar) |
Nei |
2023–2024 |
801 |
Greie ut forenklingar i regelverket for norske bedrifter som vil rekruttere høykvalifiserte arbeidstakarar frå tredjeland |
Nei |
2023–2024 |
842 |
Vurdering av eit avgrensa unntak frå arbeidsmiljølova for sjølvstendige konsulentar med spesialkompetanse |
Nei |
2023–2024 |
843 |
Oppfølging av arbeidet med oljepionerane i lys av kunnskapen frå NOU 2022: 19 Oljepionerene – en kompensasjonsordning |
Nei |
2022–2023 |
37 |
Endringar i folketrygdlova mv. (synleggjering av folkerettslege forpliktingar til trygdekoordinering) |
Nei |
2022–2023 |
61 |
Oppheve Arbeidstilsynet si øvre gebyrgrense |
Ja |
2022–2023 |
491 |
Utviklingstrekk og tiltak for heimekontor og stedsuavhengige arbeidsplassar |
Nei |
2022–2023 |
493 |
Endringar i arbeidsmiljølova mv. (arbeidstakaromgrepet og arbeidsgivaransvar i konsern) |
Nei |
2022–2023 |
530 |
Utgreiing av heimel for Arbeidstilsynet til å ta beslag i dokument under tilsyn |
Nei |
2022–2023 |
531 |
Greie ut heimel for Arbeidstilsynet til å hente inn informasjon frå «tredjepartar» |
Nei |
2022–2023 |
532 |
Representantforslag om å gjennomgå og vurdere Arbeidstilsynet sine heimlar for tilsyn, informasjonstilgang og sanksjonsmoglegheiter etter arbeidsmiljølova |
Nei |
2022–2023 |
533 |
Representantforslag om å hindre urimeleg tilbakebetaling for uføre som får seg jobb |
Ja |
2022–2023 |
604 |
Menneskerettar for personar med utviklingshemming – regelendringar for å gi personar med utviklingshemming i VTA-O varig oppfølging |
Nei |
2022–2023 |
627 |
Endringar i folketrygdlova (tilgang til å sjukmelde etter e-konsultasjon) |
Ja |
2022–2023 |
727 |
Prioritering av operative kontrollar, sanksjonering og etterforsking frå a-krimsentera |
Nei |
2022–2023 |
728 |
Vurdere bruk av arrest og utlegg frå kriminelle aktørar i a-krimsamarbeidet |
Nei |
2022–2023 |
730 |
Plan for samarbeidet mellom a-krimsentera og ikkje-statlege aktørar |
Nei |
2022–2023 |
937 |
Vurdering av omlegging av fribeløpet i uføretrygda |
Ja |
2021–2022 |
456 |
Utgreie om sjølvstendige næringsdrivande og frilansarar skal opparbeide seg sterkare rettar til inntektssikring |
Nei |
2021–2022 |
794 |
Tilgjengelegheit og kvalitet i økonomisk rådgiving og gjeldsrådgiving |
Nei |
2021–2022 |
813 |
Berekning av uføretrygd når inntektsevna tidlegare har vore nedsett pga. delvis uførleik utan at inngangsvilkåret for uføreytingar i folketrygda har vore oppfylt. |
Nei |
2021–2022 |
814 |
Lovendringar for å styrke tilsette sitt vern mot natt- og alenearbeid |
Ja |
2020–2021 |
238 |
Lovendringar for å redusere kravet til innbetaling av premie frå det tidspunktet den enkelte har kompensert for levealdersjusteringa |
Ja |
2020–2021 |
239 |
Styrke arbeidslinja for offentleg tilsette født i årene 1944 – 1962 |
Ja |
2020–2021 |
530 |
Rapportering om barn etterlatne i utlandet |
Ja |
2020–2021 |
615 |
Pensjonsutvalets vurdering |
Ja |
2020–2021 |
686 |
Studentar i utlandet kan ha deltidsjobb utan å miste medlemskap i folketrygda |
Ja |
2020–2021 |
911 |
Forenkling av yrkesskadereglene |
Nei |
2020–2021 |
930 |
NAV-ombod |
Ja |
2020–2021 |
1149 |
Endringar i arbeidsmiljølova, tilfeldig uttrekk av meddommarar frå kvar av dei særskilt arbeidslivskyndige utvala |
Ja |
2020–2021 |
1200 |
Avkorting i uføretrygd for fosterforeldre |
Nei |
2020–2021 |
1342 |
Evaluering av brillestøtteordninga |
Ja |
2019–2020 |
626 |
Juridisk og økonomisk medansvar for transportkjøparar/transporttingarar |
Nei |
2019–2020 |
627 |
Rettshevdinga til å stanse køyretøy |
Nei |
2017–2018 |
42 |
Særaldergrensen for tilsette i staten |
Nei |
2017–2018 |
321 |
Overgangsordning for fosterforeldre |
Nei |
Stortingssesjon (2023–2024)
Legge til rette for at pensjonerte sjukepleiarar har gode insentiv for å jobbe i mindre stillingar i det offentlege
Vedtak 15, 7. november 2023
«Stortinget ber regjeringen legge til rette for at pensjonerte sykepleiere har gode insentiver for å jobbe i mindre stillinger i det offentlige, herunder vurdere unntak for innmelding i pensjonsordningen for sykepleiere. Dette bør gjøres i samråd med partene, og regjeringen skal komme tilbake til Stortinget før lovendringen trer i kraft.»
Vedtaket blei gjort ved behandling av Prop. 120 L (2022–2023), Innst. 37 L (2023–2024), Lovvedtak 1 (2023–2024).
Regjeringa har saman med partane blitt einige om ei løysing som gjer det mogleg for sjukepleiarar fødd før 1965 å jobbe ved sida av pensjonen utan at pensjonen blir avkorta.
Vedtaket er følgt opp i lovproposisjonen som følger opp forslaga i Prop. 1 S (2024–2025) og som blir lagd fram for Stortinget i november.
Greie ut medlemskap i pensjonsordning for sjukepleiarar for offentleg godkjente sjukepleiarar tilsett i bemanningsføretak
Vedtak 16, 7. november 2023
«Stortinget ber regjeringen utrede om offentlig godkjente sykepleiere ansatt i bemanningsforetak og som leies ut til institusjoner under sykepleierpensjonsloven, også bør være medlemmer i pensjonsordningen for sykepleiere.»
Vedtaket blei gjort ved behandling av Prop. 120 L (2022–2023), Innst. 37 L (2023–2024), Lovvedtak 1 (2023–2024).
Oppmodingsvedtaket er til behandling i departementet. Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte.
Bruken av omgrepa «tillitsvald» og «tariffavtale» i arbeidsmiljølova
Vedtak 50, 28. november 2023
«Stortinget ber regjeringen i samarbeid med partene i arbeidslivet vurdere behovet for en bred gjennomgang av arbeidsmiljølovens bruk av begrepene «tillitsvalgt» og «tariffavtale». Dersom det i denne sammenheng viser seg å være behov for endringer, presiseringer eller begge deler, ber Stortinget regjeringen komme tilbake til Stortinget med forslag til lovendringer.»
Vedtaket blei gjort ved behandling av Dokument 8:251 S (2022–2023), Innst. 73 S (2023–2024).
I samråd med partane har departementet teke inn ei presisering i Rettleiaren for innleigeregelverket som tydeleggjer at det å inngå avtale om innleige med andre enn fagforeiningstillitsvalde, i mange tilfelle vil vere tariffstridig.
Med dette ser departementet oppmodingsvedtaket som følgt opp.
Strategi for å styrke ideell sektor sin rolle og tilbod på arbeids- og velferdsfeltet
Vedtak 52, 28. november 2023
«Stortinget ber regjeringen fremme en strategi for å styrke ideell sektors rolle og tilbud på arbeids- og velferdsfeltet.»
Vedtaket blei gjort ved behandling av Dokument 8:261 S (2022–2023), Innst. 61 S (2023–2024).
Arbeids- og inkluderingsdepartementet er i dialog med Arbeids- og velferdsdirektoratet om korleis arbeidet direktoratet allereie gjer kan inngå i ein slik strategi, og i kor stor grad det vil vere behov for nye element. Det vidare arbeidet med strategien må sjåast i lys av korleis avkommersialeringsutvalet blir følgt opp. Avkommersialiseringsutvalet har levert to rapportar. I delrapporten NOU 2024: 1 Definisjon og registrering av ideelle velferdsaktører foreslo eit samla utval ein juridisk definisjon av ideelle aktørar og å opprette eit register for ideelle velferdsaktørar. Utgreiinga har vore på høyring. Sluttrapporten frå utvalet NOU 2024: 17 Kommersielle og ideelle aktørers rolle i fellesskapets velferdstjenester gir ein gjennomgang av ulike modellar for korleis kommersielle aktørar kan fasast ut av velferdstenestene, også for arbeidsmarknadstiltaka. Utgreiinga er sendt på høyring av Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet.
Representantforslag om betre ordningar for sjølvstendige og frilansarar ved svangerskap og sjukdom
Vedtak 56, 30. november 2023
«Stortinget ber regjeringen foreslå bedre ordninger for gründere og selvstendig næringsdrivende ved svangerskap og sykdom for å gi tryggere rammer og større mulighet til å satse.»
Vedtaket blei gjort ved behandling av Dokument 8:234 S (2022–2023), Innst. 68 S (2023–2024).
Regjeringa arbeider med å vurdere utvalde problemstillingar knytt til sjølvstendig næringsdrivande og frilansarar sine sosiale rettighetar. Sjå nærmare omtale av det planlagde oppfølgingsarbeidet i del II, punkt 6.6.2 Sosiale ordningar for sjølvstendig næringsdrivande og frilansarar. Sjå også omtale av oppmodingsvedtak 456 (2021–2022). Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget i samanheng med Prop. 1 S for 2026.
Oppdatering av rettleiaren om økonomisk sosialhjelp i lys av SIFO-rapport om grunnlaget for dei statlege rettleiande satsane for økonomisk sosialhjelp
Vedtak 69, 4. desember 2023
«Stortinget ber regjeringen oppdatere veilederen for økonomisk sosialhjelp innen 1. juli 2024 for å tydeliggjøre hvordan dekningen av utgifter til internett, telefon og moderate utgifter til transport skal inngå ved utmåling av stønadsnivå. Oppdateringen skal ses i lys av den kommende SIFO-rapporten om grunnlaget for de statlige veiledende satsene for økonomisk sosialhjelp.»
Vedtaket blei gjort ved behandling av Meld. St. 1 (2023–2024), Innst. 2 S (2023–2024).
På oppdrag frå departementet har Arbeids- og velferdsdirektoratet oppdatert rettleiaren om økonomisk sosialhjelp. Direktoratet har på relevante stadar i rettleiaren lagt inn tekst som minner saksbehandlarane i NAV-kontora på at dei må vere merksame på utgifter til internett, telefon og transport. Slik gjer rettleiaren det tydelegare at ein skal vurdere slike utgifter ved utmåling av økonomisk sosialhjelp der det er relevant.
For omtale av rapporten frå SIFO, sjå del II, punkt 6.8 Inkludering i samfunnet og gode levekår for dei mest vanskelegstilte. Med dette ser departementet oppmodingsvedtaket som følgt opp.
Regelverket for pårørande sine permisjonsmoglegheiter i arbeidslivet
Vedtak 147, 12. desember 2023
«Stortinget ber regjeringa gjennomgå og forbedre regelverket for pårørendes permisjonsmuligheter i arbeidslivet for å sikre likestilling og bedre mulighetene til å kombinere arbeid og omsorg uten å pådra seg økonomiske problemer eller falle ut av arbeidslivet.»
Vedtaket blei gjort ved behandling av Meld. St. 24 (2022–2023), Innst. 112 S (2023–2024).
Oppmodingsvedtaket er til behandling i departementet. Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget på eit seinare tidspunkt.
Representantforslag om effektivisering av bilstøtteordninga i Nav – saksbehandlingstid
Vedtak 438, 4. januar 2024
«Stortinget ber regjeringen senest i forbindelse med statsbudsjettet for 2025 legge frem nødvendige forslag for å kutte den unødvendig lange saksbehandlingstiden for bilstøtte i Nav, eksempelvis forhåndsgodkjenning, forhåndsbestilling og langtidsplanlegging.»
Vedtaket blei gjort ved behandling av Dokument 8:24 S (2023–2024), Innst. 154 S (2023–2024).
Personar som ikkje er i stand til å komme seg inn og ut av bilen på eiga hand, utan å bruke heis eller rampe, kan få rente- og avdragsfritt lån til spesialtilpassa bil frå folketrygda. Dette gjeld òg personar med sterkt avgrensa gangsfunksjon eller personar som er utagerande og som må skjermast frå førarmiljøet i bilen av omsynet til trafikktryggleiken.
Regjeringa foreslår å legge om ordninga med stønad til spesialtilpassa kassebil slik at bilane blir førehandsbestilt. I dag bestiller Arbeids- og velferdsetaten bilar først etter at det er fatta vedtak om stønad til bil. Denne omlegginga kan redusere den totale leveringstida for spesialtilpassa kassebilar med seks til tolv månader.
Sjå nærmare omtale i del II, punkt 6.8.4 Hjelpemiddel og programkategori 09.10.
Med dette ser departementet oppmodingsvedtaket som følgt opp.
Representantforslag om effektivisering av bilstøtteordninga i Nav – gjennomgang av regelverk og organisering
Vedtak 439, 4. januar 2024
«Stortinget ber regjeringen gjennomgå regelverket for og organiseringen av bilstøtten i Nav for å sørge for at saksbehandling, bestillinger og logistikk effektiviseres, slik at folk som er avhengig av bilen som hjelpemiddel i hverdagen, ikke risikerer å stå uten bil.»
Vedtaket blei gjort ved behandling av Dokument 8:24 S (2023–2024), Innst. 154 S (2023–2024).
Departementet viser til omtalen under oppmodingsvedtak nr. 438, 4. januar 2024.
Sjå nærmare omtale i del II, punkt 6.8.4 Hjelpemiddel og programkategori 09.10.
Med dette ser departementet oppmodingsvedtaket som følgt opp.
Sikre krigsseglarane som får krigspensjon ein verdig alderdom
Vedtak 550, 9. april 2024
«Stortinget ber regjeringen sørge for at krigsseilere som mottar krigspensjon, og som under andre verdenskrig ble pålagt av den norske stat aktivitet som medførte direkte fare for eget liv og helse, sikres nødvendig bistand for å sikre en verdig alderdom uavhengig av om de i dag er norske statsborgere bosatt i Norge eller har utvandret til andre land.»
Vedtaket blei gjort ved behandling av Dokument 8:72 S (2023–2024), Innst. 246 S (2023–2024).
I Prop. 92 L (2023–2024) blei det foreslått endringar i lov 13. desember 1946 nr. 21 om krigspensjonering for militærpersonar og lov 13. desember 1946 nr. 22 om krigspensjonering for heimestyrkepersonell og sivilpersonar – om refusjon av eigendelar ved varig innlegging i institusjon i utlandet. Ein einstemmig arbeids- og sosialkomité og eit einstemmig Storting slutta seg til forslaget, sjå Innst. L 291 (2023–224) og lovvedtak 58 (2023–2024). Lova blei sanksjonert i statsråd og tredde i kraft 1. juni 2024. Vedtaket er dermed følgt opp.
Utgreiing om å fjerne unntaket for helsesektoren i regelverket for innleige
Vedtak 643, 14. mai 2024
«Stortinget ber regjeringen utrede fjerning av unntaket for helsesektoren i regelverket for innleie, med sikte på å redusere bruken av innleie i helsesektoren, uten å svekke kommunenes og helseforetakenes evne og mulighet til å redusere ventetider og opprettholde en forsvarlig helsetjeneste.»
Vedtaket blei gjort ved behandling av Dokument 8:108 S (2023–2024), Innst. 296 S (2023–2024).
Oppmodingsvedtaket er til behandling i departementet. Departementet vil i samarbeid med Helse- og omsorgsdepartementet utrede fjerning av unntaket med sikte på å redusere bruken av innleige i helsesektoren. Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget på eit seinare tidspunkt.
Representantforslag om konkrete tiltak mot æreskriminalitet – økt kunnskap og kompetanse
Vedtak 660, 23. mai 2024
«Stortinget ber regjeringen sette fokus på og sørge for at ansatte i skolene, barnehagene, barnevernstjenesten, helsetjenesten og politiet får økt kunnskap og kompetanse for tidlig å avdekke og følge opp der barn blir utsatt for negativ sosial kontroll og æresrelatert vold.»
Vedtaket blei gjort ved behandling av Dokument 8:96 S (2023–2024), Innst. 320 S (2023–2024).
Vedtaket vil bli vurdert i arbeidet med ny handlingsplan mot negativ sosial kontroll og æresrelatert vald (2025–2028). Det er lagt opp til at handlingsplanen blir ferdig våren 2025.
Representantforslag om konkrete tiltak mot æreskriminalitet – barn og unge som er i utlandet mot sin vilje
Vedtak 661, 23. mai 2024
«Stortinget ber regjeringen utarbeide, oppdatere og styrke informasjon og veiledere om hvordan barn og unge som befinner seg i utlandet mot sin vilje, skal følges opp og gis hjelp dersom de oppnår kontakt med ambassader, barnevernet eller andre offentlige instanser, for å sikre at barna det gjelder, opplever å bli tatt på alvor»
Vedtaket blei gjort ved behandling av Dokument 8:96 S (2023–2024), Innst. 320 S (2023–2024).
Vedtaket vil bli vurdert i arbeidet med ny handlingsplan mot negativ sosial kontroll og æresrelatert vald (2025–2028). Det er lagt opp til at handlingsplanen blir ferdig våren 2025.
Representantforslag om å greie ut korleis staten kan overta inndrivinga ved dei meir openberre tilfella av lønnstjuveri
Vedtak 728, 7. juni 2024
«Stortinget ber regjeringen utrede hvordan staten kan overta inndrivingen ved de mer åpenbare tilfellene av lønnstyveri, og komme tilbake til Stortinget på egnet måte – med sikte på innføring i 2025.»
Vedtaket blei gjort ved behandling av Dokument 8:142 S (2023–2024), Innst. 376 S (2023–2024).
Oppmodingsvedtaket er til behandling i departementet. Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget på eit seinare tidspunkt.
Endringar i ekteskapslova (forbod mot ekteskap mellom nære slektningar)
Vedtak 770, 12. juni 2024
«Stortinget ber regjeringen legge frem en styrket handlingsplan mot tvangsekteskap og orientere Stortinget på egnet måte.»
Vedtaket blei gjort ved behandling av Prop. 99 L (2023–2024), Innst. 427 L (2023–2024), Lovvedtak 90 (2023–2024).
Vedtaket vil bli vurdert i arbeidet med ny handlingsplan mot negativ sosial kontroll og æresrelatert vald (2025–2028). Det er lagt opp til at handlingsplanen blir ferdig våren 2025.
Greie ut forenklingar i regelverket for norske bedrifter som vil rekruttere høykvalifiserte arbeidstakarar frå tredjeland
Vedtak 801, 17. juni 2024
«Stortinget ber regjeringen utrede forenklinger i regelverket for norske bedrifter som vil rekruttere høykvalifiserte arbeidstakere fra tredjeland, utrede om regelverket for selvstendig næringsdrivende bør justeres, og komme tilbake til Stortinget på egnet måte.»
Vedtaket blei gjort ved behandling av Meld. St. 23 (2023–2024), Innst. 360 S (2023–2024).
Oppmodingsvedtaket er til behandling i departementet. Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget på eit seinare tidspunkt.
Vurdering av eit avgrensa unntak frå arbeidsmiljølova for sjølvstendige konsulentar med spesialkompetanse
Vedtak 842, 20. juni 2024
«Stortinget ber regjeringen vurdere et avgrenset unntak fra arbeidsmiljøloven slik at selvstendige IT-rådgivere og konsulenter med spesialkompetanse fortsatt skal kunne levere arbeid og oppdrag.»
Vedtaket blei gjort ved behandling av Dokument 8:154 S (2023–2024), Innst. 449 S (2023–2024).
Oppmodingsvedtaket er til behandling i departementet. Departementet har satt i gang eit utgreiingsarbeid for å vurdere ein særregel for sjølvstendige konsulentar med spesialkompetanse innanfor enkelte bransjar som gjer det mogleg for dem å levere arbeidskraft i tillegg til oppdrag. Etter at saka har vore på høyring vil regjeringa komme tilbake til Stortinget på eit seinare tidspunkt.
Oppfølging av arbeidet med oljepionerane i lys av kunnskapen frå NOU 2022: 19 Oljepionerene – en kompensasjonsordning
Vedtak 843, 20. juni 2024
«Stortinget ber regjeringen, i lys av kunnskapen fra NOU 2022:19 Oljepionerene – en kompensasjonsordning, følge opp arbeidet med oljepionerene og komme raskt tilbake til Stortinget på egnet vis.»
Vedtaket blei gjort ved behandling av Dokument 8:161 S (2023–2024), Innst. 444 S (2023–2024).
Regjeringa har vurdert forslag om etablering av ei særskild kompensasjonsordning for tidlegare oljearbeidarar bl.a. på bakgrunn av kunnskapsgrunnlaget i NOU 2022: 19. Regjeringa vil sikre at det raskt blir etablert bistand i yrkesskadesporet til tidlegare oljearbeidarar. Etter ei nærmare kartlegging av moglegheitene innafor det ordinære yrkesskadesystemet vil regjeringa komme tilbake til Stortinget med ei endeleg vurdering av om det bør etablerast ei eiga kompensasjonsordning for denne gruppa, og ev. korleis ho bør utformast. For ytterlegare omtale, sjå kapittel 6.2 Eit sikkert og seriøst arbeidsliv.
Stortingssesjon (2022–2023)
Endringar i folketrygdlova m.m. (synleggjering av folkerettslege forpliktingar til trygdekoordinering)
Vedtak 37, 26. oktober 2022
«Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget med en avklaring av forholdet mellom folketrygdlovens bestemmelser og EØS-retten.»
Vedtaket blei gjort ved behandling av Prop. 71 L (2021–2022), Innst. 33 L (2022–2023), Lovvedtak 2.
Oppmodingsvedtaket er til behandling i departementet. Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget på eit seinare tidspunkt.
Oppheve Arbeidstilsynet si øvre gebyrgrense
Vedtak 61, 24. november 2022
«Stortinget ber regjeringen betydelig heve den øvre grensen for ileggelse av overtredelsesgebyr samt sørge for at arbeidslivskriminalitet av grov karakter skal rutinemessig politianmeldes.»
Vedtaket blei gjort ved behandling av Dokument 8:278 S (2021–2022), Innst. 51 S (2022–2023).
Vedtaket er følgt opp gjennom Prop. 76 L (2023–2024) som blei lagt fram for Stortinget 5. april 2024. I Prop. 76 L (2023–2024) foreslo departementet å heve Arbeidstilsynet si øvre gebyrgrense fra 15 G til 50 G eller inntil 4 pst. av den årlege omsetninga til ei verksemd.
Departementet sitt forslag i Prop. 76 L (2023–2024) blei vedtatt på Stortinget. Endringane trådte i kraft 1. juli 2021.
Med dette ser departementet oppmodingsvedtaket som følgt opp.
Utviklingstrekk og tiltak for heimekontor og stedsuavhengige arbeidsplassar
Vedtak 491, 21. februar 2023
«Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget, på et egnet tidspunkt, med en oppsummering av kunnskapsinnhentingen og om utviklingstrekk for hjemmekontor og stedsuavhengige arbeidsplasser i arbeidslivet samt en vurdering av behovet for ytterligere tiltak i lys av dette.»
Vedtaket blei gjort ved behandling av Dokument 8:34 S (2022–2023), Innst. 188 S (2022–2023).
Departementet har gjennomført ei større kartlegging av omfang, utviklingstrekk og konsekvensar ved bruk av heimekontor og annet fjernarbeid. Kartlegginga har vore avgrensa til ei tid kor heimekontor i stor grad har vore pålagt, og den blir derfor følgt opp vidare i perioden 2021–2026.
Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget etter at kartlegginga er gjennomførd.
Endringar i arbeidsmiljølova mv. (arbeidstakaromgrepet og arbeidsgivaransvar i konsern)
Vedtak 493, 21. februar 2023
«Stortinget ber regjeringen snarest mulig utrede et lovforslag om å gi Arbeidstilsynet påleggskompetanse med hensyn til arbeidstakerbegrepet definert i § 1-8 og komme tilbake til Stortinget på egnet måte.»
Vedtaket blei gjort ved behandling av Prop. 14 L (2022–2023), Innst. 181 L (2022–2023), Lovvedtak 41 (2022–2023).
Departementet har satt i gang eit utgreiingsarbeid for å gjennomgå Arbeidstilsynet sitt verkemiddelapparat i breitt. Oppmodingsvedtak 493, 530, 531 og 532 inngår i utgreiingsarbeidet og forslag er på offentleg høyring no. Regjeringa tar sikte på å fremme lovproposisjon for Stortinget for behandling der våren 2025.
Utgreiing av heimel for Arbeidstilsynet til å ta beslag i dokument under tilsyn
Vedtak 530, 14. mars 2023
«Stortinget ber regjeringen utrede forslag om en hjemmel for å ta beslag i relevante dokumenter som firmaer ikke vil vise frem under Arbeidstilsynets kontroller, og komme tilbake til Stortinget på egnet måte.»
Vedtaket blei gjort ved behandling av Dokument 8:70 S (2022–2023), Innst. 196 S (2022–2023).
Departementet har satt i gang eit utgreiingsarbeid for å gjennomgå Arbeidstilsynet sitt verkemiddelapparat i breitt. Oppmodingsvedtak 493, 530, 531 og 532 inngår i utgreiingsarbeidet og forslag er på offentleg høyring no. Regjeringa tar sikte på å fremme lovproposisjon for Stortinget for behandling der våren 2025.
Greie ut heimel for Arbeidstilsynet til å hente inn informasjon frå «tredjepartar»
Vedtak 531, 14. mars 2023
«Stortinget ber regjeringen utrede forslag som sikrer Arbeidstilsynet adgang til å hente informasjon fra flere aktører, en såkalt tredjepart, og komme tilbake til Stortinget på egnet måte.»
Vedtaket blei gjort ved behandling av Dokument 8:70 S (2022–2023), Innst. 196 S (2022–2023).
Departementet har satt i gang eit utgreiingsarbeid for å gjennomgå Arbeidstilsynet sitt verkemiddelapparat i breitt. Oppmodingsvedtak 493, 530, 531 og 532 inngår i utgreiingsarbeidet og forslag er på offentleg høyring no. Regjeringa tar sikte på å fremme lovproposisjon for Stortinget for behandling der våren 2025.
Representantforslag om å gjennomgå og vurdere Arbeidstilsynet sine heimlar for tilsyn, informasjonstilgang og sanksjonsmoglegheiter etter arbeidsmiljølova
Vedtak 532, 14. mars 2023
«Stortinget ber regjeringen gjennomgå og vurdere Arbeidstilsynets hjemler for tilsyn, informasjonstilgang og sanksjonsmuligheter etter arbeidsmiljøloven.»
Vedtaket blei gjort ved behandling av Dokument 8:70 S (2022–2023), Innst. 196 S (2022–2023).
Departementet har satt i gang eit utgreiingsarbeid for å gjennomgå Arbeidstilsynet sitt verkemiddelapparat i breitt. Oppmodingsvedtak 493, 530, 531 og 532 inngår i utgreiingsarbeidet og forslag er på offentleg høyring no. Regjeringa tar sikte på å fremme lovproposisjon for Stortinget for behandling der våren 2025.
Representantforslag om å hindre urimeleg tilbakebetaling for uføre som får seg jobb
Vedtak 533, 14. mars 2023
«Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget med forslag som sikrer at uføre som kommer i arbeid, ikke skal få urimelige tilbakebetalingskrav for allerede utbetalt uføretrygd. Endringen må ikke innebære at dagens fribeløp svekkes eller fjernes.»
Vedtaket blei gjort ved behandling av Dokument 8:76 S (2022–2023), Innst. 195 S (2022–2023). Viss etteroppgjeret viser at årsinntekta har vore så høg at mottakaren eigentleg ikkje hadde rett til uføretrygd, kan Arbeids- og velferdsetaten la vere å krevje tilbake utbetalt uføretrygd viss inntektsoverskridinga blir skulda av eit forsøk på å komme seg tilbake i arbeidslivet. Nærmare reglar om dette (såkalla arbeidsforsøk) er fastsett i forskrift. I desember 2023 sendte departementet eit forslag om endringar i forskrifta på høyring. Forslaget opnar for å gjere unnataket for tilbakekrevjing meir fleksibelt slik at uføre kan prøve seg i arbeid fleire gonger, utan fare for å få eit tilbakebetalingskrav. Sjå nærmare omtale i del II, programkategori 29.50, kap. 2655. Høyringsinstansane har vore positive til forslaget, og departementet tek sikte på å fastsette endringane innan årsskiftet. Med det ser departementet oppmodingsvedtaket som følgt opp.
Menneskerettar for personar med utviklingshemming – regelendringar for å gi personar med utviklingshemming i VTA-O varig oppfølging
Vedtak 604, 18. april 2023
«Stortinget ber regjeringen sørge for nødvendige regelendringer for å gi personer med utviklingshemming i VTA-O varig oppfølging, uavhengig av hvilket fylke man bor i, og med et omfang tilsvarende det som praktiseres i HELT MED. Oppfølgingen må kunne gis også av andre enn Nav, eksempelvis HELT MED eller vekst- og attføringsbedriftene, gjerne ved at dagens tilskudd erstattes med varig oppfølging av både arbeidstaker og arbeidsgiver. Regjeringen bes komme tilbake med sin oppfølging i forbindelse med statsbudsjettet for 2024.»
Vedtaket blei gjort ved behandling av Meld. St. 8 (2022–2023), Innst. 246 S (2022–2023).
Arbeids- og inkluderingsdepartementet arbeider med å gjere nødvendige endringar i forskrift om arbeidsmarknadstiltak for å gi personar i varig tilrettelagt arbeid i ordinær verksemd forsterka oppfølging. Forslag om nye reglar for ei permanent ordning vil bli sendt på høyring.
Arbeids- og velferdsetaten vil i løpet av hausten 2024 sette i gang eit pilotprosjekt med oppfølging av deltakarar i varig tilrettelagt arbeid i ordinær verksemd på oppdrag frå departementet. Erfaringar frå pilotprosjektet vil bidra inn i arbeidet med den permanente ordninga.
Endringar i folketrygdlova (tilgang til å sjukmelde etter e-konsultasjon)
Vedtak 627, 27. april 2023
«Stortinget ber regjeringen gjennomføre en evaluering av ordningen med sykmelding basert på elektronisk konsultasjon, senest innen fire år.»
Vedtaket blei gjort ved behandling av Prop. 42 L (2022–2023), Innst. 283 L (2022–2023), Lovvedtak 51 (2022–2023).
Arbeids- og inkluderingsdepartementet signerte juni 2023 avtale med Nasjonalt Senter for E-helseforskning om evaluering av sjukmelding etter e-konsultasjon. Formålet er å evaluere erfaringar og effektar av lovendringa. Forskarane vil undersøke kva erfaringar og haldningar legane og pasientane har med sjukmelding over e-konsultasjonar, kva som kjenneteiknar sjukmeldingane og kva betydning innføringa har for sjukefråværet. Prosjektperioden for oppdraget er 2023–2026.
Departementet vil komme tilbake til Stortinget med informasjon om funna frå evalueringa på eigna måte. Med det ser departementet oppmodingsvedtaket som følgt opp.
Prioritering av operative kontrollar, sanksjonering og etterforsking frå a-krimsentera
Vedtak 727, 1. juni 2023
«Stortinget ber regjeringen sørge for at a-krimsentrene prioriterer operative kontroller, sanksjonering og etterforskning, samt at kunnskapsinnhentingen innrettes for å understøtte dette.»
Vedtaket blei gjort ved behandling av Dokument 8:198 S (2022–2023), Innst. 388 S (2022–2023)
Arbeids- og inkluderingsdepartementet, Finansdepartementet og Justis- og beredskapsdepartementet har gitt Arbeidstilsynet, Arbeids- og velferdsetaten, politiet og Skatteetaten eit oppdrag knytt til vidareutvikling av a-krimsamarbeidet. Arbeidet blir følgt opp gjennom fleire tiltak for å målrette innsatsen i det tverretatlege samarbeidet. Etatane har komme med ei foreløpig tilbakemelding i samanheng med årsrapporteringa for 2023.
Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget på eit seinare tidspunkt.
Vurdere bruk av arrest og utlegg frå kriminelle aktørar i a-krimsamarbeidet
Vedtak 728, 1. juni 2023
«Stortinget ber regjeringen sørge for at man i a-krimsamarbeidet prioriterer bruk av arrest og utlegg fra kriminelle aktører.»
Vedtaket blei gjort ved behandling av Dokument 8:198 S (2022–2023), Innst. 388 S (2022–2023)
Arbeids- og inkluderingsdepartementet, Finansdepartementet og Justis- og beredskapsdepartementet har gitt Arbeidstilsynet, Arbeids- og velferdsetaten, politiet og Skatteetaten eit oppdrag knytt til vidareutvikling av a-krimsamarbeidet. Arbeidet blir følgt opp gjennom fleire tiltak for å målrette innsatsen i det tverretatlege samarbeidet. Etatane har komme med ei foreløpig tilbakemelding i samanheng med årsrapporteringa for 2023, og rapportert om betra resultat når det gjeld å ta frå dei useriøse aktørane utbytte frå kriminelle handlingar.
Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget på eit seinare tidspunkt.
Plan for samarbeidet mellom a-krimsentera og ikkje-statlege aktørar
Vedtak 730, 1. juni 2023
«Stortinget ber regjeringen sørge for at a-krimsentrene har en plan for samarbeidet med ikke-statlige aktører som er tett på ofrene for arbeidslivskriminalitet, samt at det etableres et kontaktpunkt / en tipsløsning.»
Vedtaket blei gjort ved behandling av Dokument 8:198 S (2022–2023), Innst. 388 S (2022–2023).
Arbeids- og inkluderingsdepartementet, Finansdepartementet og Justis- og beredskapsdepartementet har gitt Arbeidstilsynet, Arbeids- og velferdsetaten, politiet og Skatteetaten eit oppdrag knytt til vidareutvikling av a-krimsamarbeidet. Arbeidet blir følgt opp gjennom fleire tiltak for å målrette innsatsen i det tverretatlege samarbeidet. Etatane har komme med ei foreløpig tilbakemelding i samanheng med årsrapporteringa for 2023, der det bl.a. blir orientert om kva for samarbeid som er etablert med frivillige organisasjonar, aktørar i næringslivet og partane i arbeidslivet.
Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget på eit seinare tidspunkt.
Vurdering av omlegging av fribeløpet i uføretrygda
Vedtak 937, 16. juni 2023
«Stortinget ber regjeringen i forbindelse med statsbudsjettet for 2024 komme tilbake med en vurdering av en omlegging av fribeløpet i uføretrygden, herunder en vurdering av en økning av fribeløpet inntil 1 G og andre endringer med mål om at uføre med restarbeidsevne i større grad enn med dagens regelverk kan kombinere arbeidsinntekt med uføretrygd.»
Vedtaket blei gjort ved behandling av Meld. St. 2 (2022–2023), Innst. 490 S (2022–2023).
Regjeringa varsla i Prop. 1 S (2023–2024) utlysing av ei ekstern utgreiing for å få eit tilstrekkeleg kunnskapsgrunnlag for vurderinga. Statistisk sentralbyrå (SSB) publiserte rapporten Utredning av modeller for kombinasjon av arbeidsinntekt og uføretrygd 27.mai 2024. Rapporten konkluderer med at dagens reglar i hovudsak balanserer ulike omsyn på ein god måte, og at det ikkje er hensiktsmessig å gjere endringar i fribeløpet. SSBs analysar viser at eit fribeløp på om lag dagens nivå har positiv effekt på antalet mottakarar av uføretrygd som deltar i arbeidslivet. Rapporten konkluderer vidare med at eit høgare fribeløp truleg vil bidra i relativt liten grad til å få fleire uføretrygda i arbeid, samtidig som at ein auke av fribeløpet vil skape litt større forskjellsbehandling mellom mottakarar av full og gradert uføretrygd i favør dei med full uføretrygd. Sjå nærmare omtale i del II, programkategori 29.50, kap. 2655.
Departementet ser dermed oppmodingsvedtaket som følgt opp.
Departementet vil likevel sjå nærmare på andre endringar som kan gjere det enklare å kombinere uføretrygd med arbeid. Rapporten frå SSB inneheld forslag til endringar for nokre grupper uføre som i dag har høge kompensasjonsgrader, og derfor tener lite på å arbeide ved sidan av uføretrygda. Regjeringa vil sjå nærmare på dette, og kjem tilbake med ei vurdering i Prop. 1 S for 2026.
Stortingssesjon (2021–2022)
Utgreie om sjølvstendige næringsdrivande og frilansarar skal opparbeide seg sterkare rettar til inntektssikring
Vedtak 456, 31. mars 2022
«Stortinget ber regjeringen utrede om selvstendig næringsdrivende og frilansere skal opparbeide seg sterkere rettigheter til inntektssikring, inkludert forbedring av sykelønnsordningen og sosiale ordninger for selvstendig næringsdrivende.»
Vedtaket blei gjort ved behandling av Dokument 8:92 S (2021–2022), Innst. 215 S (2021–2022).
Regjeringa arbeider med å vurdere utvalde problemstillingar knytt til sjølvstendig næringsdrivande og frilansarar sine sosiale rettighetar. Sjå nærmare omtale av det planlagde oppfølgingsarbeidet i del II, punkt 6.6.2 Sosiale ordningar for sjølvstendig næringsdrivande og frilansarar. Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget i samanheng med Prop. 1 S for 2026.
Tilgjengelegheit og kvalitet i økonomisk rådgiving og gjeldsrådgiving
Vedtak 794, 15. juni 2022
«Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget på egnet måte med en rapport om dekningsgrad for gjeldsrådgivere, ventetiden for å få time hos en gjeldsrådgiver og hvilken kompetanse gjeldsrådgiverne har.»
Vedtaket blei gjort ved behandling av Dokument 8:200 S (2021–2022), Innst. 373 S (2021- 2022).
På oppdrag av Arbeids- og inkluderingsdepartementet har Arbeids- og velferdsdirektoratet sette ut eit eksternt FoU-oppdrag for å få oppdatert kunnskap om økonomisk rådgiving i NAV-kontora. Rapport frå Oxford Research vil etter planen liggje føre i november 2024. Økonomisk rådgiving er òg tema for landsomfattande tilsyn med sosiale tenester i NAV i 2024 og 2025.
Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget når ny kunnskap ligg føre.
Berekning av uføretrygd når inntektsevna tidlegare har vore nedsett pga. delvis uførleik utan at inngangsvilkåret for uføreytingar i folketrygda har vore oppfylt
Vedtak 813, 16. juni 2022
«Stortinget ber regjeringen foreta en gjennomgang av problemstillingen om at arbeidsfolk som blir syke, men som ønsker å fortsette i inntektsbringende arbeid utover 50 pst., får lavere uføretrygd dersom de på et seinere tidspunkt må søke uføretrygd fordi arbeidskapasiteten blir ytterligere redusert, og komme tilbake på egnet måte til Stortinget.»
Oppmodingsvedtaket er til behandling i departementet. Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte.
Lovendringar for å styrke tilsette sitt vern mot natt- og alenearbeid
Vedtak 814, 16. juni 2022
«Stortinget ber regjeringen sette ned et utvalg som skal utrede og legge frem forslag til lovendringer for å styrke ansattes vern mot natt- og alenearbeid. Særlig må det sikres at ansatte i varehandelen er tilstrekkelig beskyttet av arbeidsmiljølovens bestemmelser om kvelds-, helge- og nattarbeid. Partene må være representert i utvalget.»
Vedtaket blei gjort ved behandling av Dokument 8:208 S (2021–2022), Innst. 362 S (2021–2022).
Departementet sette ned eit utval i mars 2023, der partane i varehandelen var representerte. Utvalet har vurdert behovet for endringar i regelverk eller andre tiltak for å vareta omsynet til vernet til arbeidstakarane ved kvelds-, helge- og nattarbeid, og for dei som arbeider aleine. Utvalet la fram sin rapport til Arbeids- og inkluderingsdepartementet i august 2024. Rapporten er send på offentleg høyring. Med det ser departementet oppmodingsvedtaket som følgt opp.
Stortingssesjon (2020–2021)
Lovendringar for å redusere kravet til innbetaling av premie frå det tidspunktet den enkelte har kompensert for levealdersjusteringa
Vedtak 238, 11. desember 2020
«Stortinget ber regjeringen utrede lovendringer for å redusere kravet til innbetaling av premie fra medlemmer i SPK, kommunale pensjonskasser og andre offentlige brutto tjenestepensjonsordninger fra det tidspunktet den enkelte har kompensert for levealdersjusteringen.»
Vedtaket blei gjort ved behandling av Dokument 8:141 L (2019–2020), Innst. 71 L (2020–2021).
Arbeids- og inkluderingsdepartementet fremma 15. desember 2023 Prop. 37 L (2023–2024) Endringer i lov om Statens pensjonskasse og enkelte andre lover (styrket insentiv til å jobbe lenger). Lovforslaget inneber ei justering i regelverket for levealdersjustering av alderspensjon (brutto tenestepensjon) som blir samordna med ny folketrygd for personar fødd i åra frå 1954 til og med 1962. Endringane vil styrke insentiva til utsett avgang frå arbeidslivet for personar fødd i desse årskulla. Stortinget vedtok lovendringa 21. mars 2024, sjå Lovvedtak 52 (2023–2024). Lovendringa tredde i kraft 12. april 2024.
I Prop. 37 L (2023–2024) gjer departementet ei vurdering av kravet til innbetaling av premie frå det tidspunktet den enkelte har kompensert for levealdersjusteringa. Innbetalt medlemspremie til offentleg tenestepensjonsordning dekkjer langt meir enn det som bidreg til høgare alderspensjon, bl.a. dekning for uførleik og etterlattedekning. Vidare er det i dag inga differensiering av medlemspremien etter kor stor del av inntekta som bidrar til auka tenestepensjon. Tenestepensjonen gir eit mykje høgare bidrag i årleg opptening for høge inntekter enn for låge inntekter. Det er også mange som har full opptening i bruttoordninga lenge før fylte 67 år. For dei som har full opptening, får ein ingen pensjonsmessig utteljing av å utsette uttaket av pensjon etter fylte 62 år. Endeleg vil dei som ikkje har full opptening likevel ha pensjonsmessig utteljing også etter at dei har kompensert for levealdersjusteringa. Å knyte kravet til premiebetaling til om det er kompensert for levealdersjusteringa eller ikkje, vil altså vere svært lite målretta dersom formålet er at det ikkje skal betalast medlemspremie for tenestetid som ikkje bidreg til auka alderspensjon. Det vil også gjere regelverket meir komplisert. Vurderinga til departementet i Prop. 37 L (2023–2024) var derfor at regelverket for innbetaling av premie ikkje bør endrast. Stortinget slutta seg til vurderingane, sjå Innst. 232 L (2023–2024). Med det ser departementet oppmodingsvedtaket som følgt opp.
Styrke arbeidslinja for offentleg tilsette født i årene 1944–1962
Vedtak 239, 11. desember 2020
«Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget med vurderinger av hvordan en ytterligere kan styrke arbeidslinjen for offentlig ansatte født i årene 1944–1962.»
Vedtaket blei gjort ved behandling av Dokument 8:141 L (2019–-2020), Innst. 71 L (2020–2021).
Arbeids- og inkluderingsdepartementet fremma 15. desember 2023 Prop. 37 L (2023–2024) Endringer i lov om Statens pensjonskasse og enkelte andre lover (styrket insentiv til å jobbe lenger). Lovforslaget inneber ei justering i regelverket for levealdersjustering av alderspensjon (brutto tenestepensjon) som blir samordna med ny folketrygd for personar fødd i åra frå 1954 til og med 1962. Endringane vil styrke insentiva til utsett avgang frå arbeidslivet for personar fødd i desse årskulla. Stortinget vedtok lovendringa 21. mars 2024, sjå Lovvedtak 52 (2023–2024). Lovendringa tredde i kraft 12. april 2024. Med det ser departementet oppmodingsvedtaket som følgt opp.
Rapportering om barn etterlatne i utlandet
Vedtak 530, 18. januar 2021
«Stortinget ber regjeringen igangsette en utredning med mål om forsterket rapportering om hvor mange barn som er etterlatt i utlandet, og redegjøre for hvordan handlingsrommet for oppfølging kan forsterkes.»
Vedtaket blei gjort ved behandling av Dok. 8:132 S (2019–2020), Innst. 89 S (2020–2021).
Vedtaket er følgd opp gjennom tiltak 28 i handlingsplanen Frihet fra negativ sosial kontroll og æresrelatert vold (2021–2024) og gjennom to forskingsprosjekt om ufrivillige opphald i utlandet: «Barn og unge voksne ufrivillig etterlatt i utlandet» og «Kvinner og deres barn etterlatt i utlandet». Begge rapportane er utarbeidd av Institutt for samfunnsforskning (ISF, april 2024) på oppdrag frå Arbeids- og inkluderingsdepartementet. Oppfølging av vedtaket er også omtalt i Prop. 1 S (2023–2024). Under innsatsområde 4 Forebygge frivillige utenlandsopphold i handlingsplanen er det omtalt korleis regjeringa vil styrke innsatsen mot ufrivillige opphald i utlandet. Det står også omtalt under tiltak 26 Heve kompetansen i barnevernstjenestene om ufrivillige utenlandsopphold og 27 Styrke informasjon om rettigheter, hjelpetilbud og handlingsalternativer ved ufrivillige utenlandsopphold.
Med det ser departementet oppmodingsvedtaket som følgt opp.
Pensjonsutvalets vurderingar
Vedtak 615, 16. februar 2021
«Stortinget ber regjeringen om å orientere Stortinget på egnet måte om Pensjonsutvalgets vurderinger når det gjelder minstenivåer, samt hvordan Pensjonsutvalgets innstilling vil bli fulgt opp.»
Vedtaket blei gjort ved behandling av Dokument 8:53 S (2020–2021), Innst. 221 S (2020–2021).
Vedtaket er følgt opp gjennom Meld. St. 6 (2023–2024) Et forbedret pensjonssystem med styrket sosial profil som blei lagd fram for Stortinget 15. desember 2023.
Med det ser departementet oppmodingsvedtaket som følgt opp.
Studentar i utlandet kan ha deltidsjobb utan å miste medlemskap i folketrygda
Vedtak 686, 25. februar 2021
«Stortinget ber regjeringen utrede og komme tilbake til Stortinget med nødvendige forslag slik at norske studenter i utlandet kan ha deltidsjobb ved siden av studiene uten å miste sitt medlemskap i folketrygden.»
Vedtaket blei gjort ved behandling av Meld. St. 7 (2020–2021), Innst. 247 S (2020–2021).
Frivillig medlemskap i folketrygda for studentar har tidlegare blitt praktisert slik at studiane må vere hovudaktiviteten til studenten under utanlandsopphaldet, og at studenten normalt må studera på heiltid. Studentar som arbeider ved sidan av studiane, har blitt vurdert som arbeidstakarar og ikkje som studentar. Frå juni 2024 er praksisen endra. Dette inneber at det ikkje lenger gjeld noko krav om studiebelastning eller progresjon for å vere omfatta av folketrygdlova, og at deltidsarbeid ikkje lenger automatisk skal medføra at personen ikkje skal reknast som student. Sjå nærmare omtale av oppfølginga av oppmodingsvedtaket under del II, punkt 6.7.4. Departementet legg til grunn at oppmodingsvedtaket er følgt opp.
Forenkling av yrkesskadereglene
Vedtak 911, 11. mai 2021
«Stortinget ber regjeringen i samråd med partene i arbeidslivet legge frem et forslag til nødvendig forenkling av yrkesskadereglene som er i tråd med utviklingen i samfunnet og arbeidslivet, og som sikrer den enkelte arbeidstaker. Stortinget ber også regjeringen gjennomgå og om nødvendig oppdatere yrkessykdomslisten.»
Vedtaket blei gjort ved behandling av Dokument 8:150 S (2020–2021), Innst. 382 S (2020–2021).
Regjeringa har i Hurdalsplattforma signalisert at ho vil forbetra reglane om yrkesskade og yrkesskadeforsikring. I samanheng med dette blei det 15. mai 2023 halde eit innspelsmøte der partane i arbeidslivet og interesseorganisasjonar gav sitt syn på korleis yrkesskadeordninga fungerer og kom med forslag til forbetringar. Vidare blei det 21. juni 2024 sendt på høyring eit forslag til ei ny og modernisert yrkessjukdomsliste, med høyringsfrist 31. oktober 2024. Det blir også foreslått eit opplegg for jamleg revisjon av lista. I tillegg blir høyringsinstansane bedne vurdera behovet for ein sikringsventil for sjukdommar som ikkje er tekne opp på lista. Arbeidet er forventa sluttført våren 2025.
NAV-ombod
Vedtak 930, 18. mai 2021
«Stortinget ber regjeringen om snarest mulig å opprette et eget, selvstendig Nav-ombud og avklare en mulig samlokalisering med et av de andre ombudene for å dra nytte av felles faglige og administrative ressurser.»
Vedtaket blei gjort ved behandling av Dokument 21 (2020–2021), kapittel 8, Innst. 408 S (2020–2021).
Spørsmålet om innføring av eit NAV-ombod for arbeids- og velferdsforvaltninga bør sjåast i ein brei ressursmessig, forvaltningsmessig og rettstryggingsmessig samanheng. I oppfølginga av NOU 2023: 11 Raskt og riktig er det igangsett eit breitt utviklingsarbeid for å betre kvaliteten i saksbehandlinga. Strategien til Regjeringa er å styrke rettstryggleiken til brukarane gjennom den foreslåtte budsjettmessige styrkinga av Arbeids- og velferdsetaten og utviklingsarbeidet som er sett i gang etter Raskt og riktig. Rettstryggleiken til brukarane blir best vareteken gjennom dei etablerte kanalane og ordningane, som rettleiing frå tilsette i arbeids- og velferdsforvaltninga, NAV Serviceklager, klage- og ankebehandlinga i Arbeids- og velferdsetaten og Trygderetten, Helsetilsynets tilsynsmyndigheit for dei sosiale tenestene i arbeids- og velferdsforvaltninga og Sivilombodet si rolle som ombod på velferdsområdet.
Sjå nærmare omtale av NOU-en i del II, programkategori 09.10 Administrasjon av arbeids- og velferdspolitikken.
Med dette ser departementet oppfølginga av oppmodingsvedtaket som avslutta.
Endringar i arbeidsmiljølova, tilfeldig uttrekk av meddommarar frå kvar av dei særskilt arbeidslivskyndige utvala
Vedtak 1149, 8. juni 2021
«Stortinget ber regjeringen utrede mulige endringer i arbeidsmiljøloven der dagens ordning med utnevning av særskilt arbeidslivskyndige meddommere i den enkelte sak etter forslag fra partene, erstattes med et tilfeldig uttrekk av meddommere fra hvert av de særskilt arbeidslivskyndige utvalgene.»
Vedtaket blei gjort ved behandling av Dokument 8:228 L (2020–2021), Innst. 586 L (2020–2021).
I oppfølginga av vedtaket har departementet innhenta innspel om korleis meddommarordninga i arbeidsmiljølova fungerer frå hovudorganisasjonane i arbeidslivet, enkelte andre organisasjonar i arbeidslivet, Advokatforeininga, Regjeringsadvokaten, og frå Domstoladministrasjonen som igjen har innhenta synspunkt frå eit utval domstolar. Innspela peikar på at ordninga stort sett fungerer godt, og dekker eit reelt behov for ekspertise i denne type saker. Vidare peikar dei på at habilitetsreglane som gjeld for dommarar, sørger for at den enkelte meddommar ikkje har bindingar til nokon av partane i saka. Samla sett ser det ikkje ut til at spørsmål om inhabilitet hos meddommarar er noko stort problem i praksis, slik dagens reglar er. Departementet finn det derfor ikkje formålstenleg å foreslå endringar i gjeldande reglar.
Med dette ser departementet oppmodingsvedtaket som følgt opp.
Avkorting i uføretrygd for fosterforeldre
Vedtak 1200, 10. juni 2021
«Stortinget ber regjeringen snarest fremme forslag om at uføre fosterforeldre ikke får avkortning i sin uføretrygd som følge av fosterhjemsoppdraget.»
Vedtaket blei gjort ved behandling av Prop. 133 L (2020–2021), Innst. 625 L (2020–2021), Lovvedtak 173-174 (2020–2021).
Fosterheimsutvalet (NOU 2018: 18) anbefalte å gjere den skattepliktige delen av fosterheimsgodtgjeringa om til ein skattefri og ikkje pensjonsgivande stønad. Med ei slik løysing ville godtgjeringa ikkje gitt avkorting i trygdeytingar. I Prop. 1 S for 2024 varsla regjeringa at ho ville komme tilbake til Stortinget etter å ha tatt stilling til korleis godtgjeringa bør bli utforma. Regjeringa la våren 2024 fram ei melding om fosterheimsomsorga (Meld. 29 (2023–2024)), og Barne- og familiedepartementet har hatt eit forslag om lovregulering av økonomiske rammevilkår for fosterforeldre på høyring. Det nemnde forslaget frå Fosterheimsutvalet om godtgjeringa er ikkje følgt opp. Regjeringa vil arbeide vidare med saka i lys av dette og komme tilbake til Stortinget på eigna måte.
Evaluering av brillestøtteordninga
Vedtak 1342, 18. juni 2021
«Stortinget ber regjeringen om å foreta en evalueringen av brillestøtteordningen for å se om endringene som ble foretatt, har hatt utilsiktede konsekvenser. Evalueringen skal også se på om de forskjellige støtteordningene er godt nok kjent for de som er i målgruppen. Evalueringen skal også se på om støtteordningene er riktig innrettet sånn at de som faktisk har behov, reelt sett får det.»
Vedtaket blei gjort ved behandling av Meld. St. 2 (2020–2021), Innst. 600 S (2020–2021).
På oppdrag frå Arbeids- og inkluderingsdepartementet har Oslo Economics gjennomført ei kartlegging og evaluering av ordningane med brillestøtte til barn. Evalueringa inkluderer den nye ordninga med briller til barn som blei innført i august 2022. Sjå nærmare omtale i del II, punkt 6.8.4 Hjelpemiddel. Med dette ser departementet oppmodingsvedtaket som følgt opp.
Stortingssesjon (2019–2020)
Juridisk og økonomisk medansvar for transportkjøparar/transporttingarar
Vedtak 626, 28. mai 2020
«Stortinget ber regjeringen utrede innføring av et objektivt juridisk og økonomisk medansvar for transportkjøpere/transportbestillere og komme tilbake til Stortinget på egnet måte. Det objektive ansvaret må inkludere medansvaret for at lønns- og arbeidsvilkårene i sektoren er oppfylt. Utredningen må videre inneholde en vurdering av behovet for et register med virksomheter som oppfyller kravene til å drive med transporttjenester etter modell av for eksempel Renholdsregisteret. Utredningen må også vurdere en avgrensning av oppdragsgivere som skal omfattes av medansvaret.»
Vedtaket blei gjort ved behandling av Prop. 60 L (2019–2020), Innst. 293 L (2019–2020), Lovvedtak 105 (2019–2020).
Regjeringa vil, som ledd i arbeidet med å styrke allmenngjeringsordninga, innhente ei evaluering av den solidaransvarordninga og sjå til-plikta for hovedleverandørar og profesjonelle bestillarar som allereie er nedfelle i allmenngjeringslovgivninga, og vil etter dette vurdere endringer i regelverket. Statens vegvesen og Arbeidstilsynet har, som ei oppfølging av regjeringa sin handlingsplan mot sosial dumping i transportsektoren, fått i oppdrag å klargjere det medansvaret for transportkjøparar mv. som i dag følger av forskrift om arbeidstid for sjåførar.
Det er etablert to registreringsordningar for gods- og persontransport på veg. Krav om løyve og registrering i løyveregister gjeld for store delar av gods- og persontransportnæringa i Noreg og andre EØS-land. Høyring av forslag om å innføre slike krav også for nasjonal transport med varebil med totalvekt mellom 2500 og 3500 kg blei avslutta 1. september. Vidare har Noreg, med verknad frå 3. november 2023, slutta seg til den felles registreringsordninga til EU for internasjonal gods- og persontransport som inneber utsending av sjåførar. Dette inneber at bl.a. kabotasjetransport skal meldast til Arbeidstilsynet på førehand. I tillegg vil forslag om innføring av HMS-kort for varebiltransport blir sendt på høyring i løpet av kort tid. Etter regjeringa sitt syn vil dette gi ytterlegare oversikt og effektivisering av tilsynsarbeidet i denne delen av sektoren.
Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget på eit seinare tidspunkt.
Rettshevdinga til å stanse køyretøy
Vedtak 627, 28. mai 2020
«Stortinget ber regjeringen utarbeide og legge frem for Stortinget forslag om at Statens Vegvesen skal gis håndhevingsrett til å stanse kjøretøyer etter vedtak fra Arbeidstilsynet.»
Vedtaket blei gjort ved behandling av Prop. 60 L (2019–2020), Innst. 293 L (2019–2020), Lovvedtak 105 (2019–2020).
Regjeringa varsla i oktober 2022 i handlingsplanen mot sosial dumping i transportsektoren at vi vil legge fram forslag om å gi Statens vegvesen myndigheit til å reagere mot køyring i strid med stansingsvedtak som Arbeidstilsynet har fastsett. Arbeids- og inkluderingsdepartementet og Samferdselsdepartementet har bedd Arbeidstilsynet og Statens vegvesen greie ut og utarbeide utkast til høyringsnotat med forslag til nødvendige regelverksendringar for å innføre ein heimel for Statens vegvesen til å hindre vidare køyring i strid med slike stansingsvedtak. Utgreiinga skal også skissere moglege løysingar til korleis ei slik ordning kan gjennomførast i praksis, på ein måte som tek vare på rettstryggleiken i transportføretaka og utan at ordninga blir unødvendig ressurskrevjande.
Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget på eit seinare tidspunkt.
Stortingssesjon (2017–2018)
Særaldersgrenser for tilsette i staten
Vedtak nr. 42, 4. desember 2017
«Stortinget ber regjeringen vurdere, i samråd med partene i arbeidslivet, om dagens system med særaldersgrenser for ansatte i staten og statlige virksomheter bør endres, i tråd med utviklingen i samfunns- og yrkesliv.»
Vedtaket blei gjort ved behandling av Meld. St. 1 (2017–2018), Innst. 2 S (2017–2018).
Regjeringa og partane i offentleg sektor blei i juni 2022 einige om ein prosessavtale for det vidare arbeidet med særaldersgrensene for å følge opp pensjonsavtalens punkt om at regelverket for personar med særaldersgrenser som er født i 1963 eller seinare må tilpassas påslagsmodellen. Det følger av pensjonsavtalen frå 3. mars 2018 at arbeidet med særaldersgrensene har to ulike prosessar; først ein prosess om pensjonsreglar og deretter ein prosess om framtidige aldersgrenser. Partane i offentleg sektor blei 25. august 2023 einige om nye pensjonsreglar for personar som har særaldersgrenser som er fødd frå og med 1963. Dei nye reglane inneber at personar med særaldersgrenser får eit særalderspåslag til livsvarig pensjon som kommer på toppen av ordinær pensjon. Avtalen inneber vidare at tidlegpensjonsordninga avviklast frå og med 1965-kullet for dei som har aldersgrense 65 år, samt at moglegheita til å ta ut pensjon før aldersgrensa fasast ut for dei som har aldersgrense 60 og 63 år. Dei nye reglane inneber også at særaldersgrensene og utbetalingsperioden for tidlegpensjon blir flytta oppover i takt med auken av aldersgrensene i folketrygda. 28. juni sendte departementet på høyring forslag om nye pensjonsregler for personar med særaldersgrenser som følger opp avtalen frå august 2023.
Med ei einigheit om pensjonsreglane er partane innforstått med at det no blir sett i gang eit arbeid for å vurdere det framtidige omfanget av særaldersgrenser. Arbeidet har som siktemål at offentleg sektor i større grad får nyttiggjort den kompetansen personar som i dag har særaldersgrenser har. Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget på eigna tidspunkt og på eigna måte med resultatet av dette arbeidet.
Overgangsordning for fosterforeldre
Vedtak nr. 321, 15. desember 2017
«Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget på egnet måte, med en ytterligere vurdering av Stortingets anmodningsvedtak 11. mai 2017. Stortinget fastslår at regjeringen i sitt forslag etablerer en overgangsordning for fosterforeldre som mottar dagpenger eller AAP. Stortinget merker seg videre at det ikke er gjennomførbart å utvide ordningen ytterligere innen 1. januar 2018, også fordi det ikke er utredet hvordan ytterligere regelverksendringer knyttet til inntektsbegrepet og dets betydning for avkortning kan utformes.»
Vedtaket blei gjort ved behandling av Prop. 1 S (2017–2018), Innst. 15 S (2017–2018).
Regjeringa viser til at frå 1. januar 2018 skal arbeidsavklaringspengar og dagpengar ikkje bli avkorta ved oppdrag som fosterforeldre. Innstillinga frå Fosterheimsutvalet (NOU 2018: 18) blei avgitt 18. desember 2018. Utvalet anbefalte å gjere den skattepliktige delen av fosterheimsgodtgjeringa om til ein skattefri og ikkje pensjonsgjevande stønad. Med ei slik løysing ville godtgjeringa ikkje gitt avkorting i trygdeytingar. Regjeringa la våren 2024 fram ei melding om fosterheimsomsorga (Meld. 29 (2023–2024)), og Barne- og familiedepartementet har hatt eit forslag om lovregulering av økonomiske rammevilkår for fosterforeldre på høyring. Det nemnde forslaget frå Fosterheimsutvalet om godtgjeringa er ikkje følgt opp. Regjeringa vil arbeide vidare med saka i lys av dette og komme tilbake til Stortinget på eigna måte. Sjå også omtale av vedtak 1200, 10. juni 2021.
5 Oversiktstabellar
5.1 Utgifter og inntekter fordelte på kapittel
Forslag til statsbudsjett for 2025 under programområde 09 Arbeid og sosiale formål, 29 Sosiale formål, folketrygda og 33 Arbeidsliv, folketrygda.
Utgifter fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) |
|||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. |
Nemning |
Rekneskap 2023 |
Saldert budsjett 2024 |
Forslag 2025 |
Endring i pst. |
Administrasjon |
|||||
600 |
Arbeids- og inkluderingsdepartementet |
284 376 |
281 755 |
300 898 |
6,8 |
601 |
Utgreiingsverksemd, forsking m.m. |
417 553 |
494 135 |
475 529 |
-3,8 |
Sum kategori 09.00 | 701 929 | 775 890 | 776 427 | 0,1 | |
Administrasjon av arbeids- og velferdspolitikken |
|||||
604 |
Utviklingstiltak i arbeids- og velferdsforvaltninga |
227 891 |
429 079 |
444 900 |
3,7 |
605 |
Arbeids- og velferdsetaten |
13 920 302 |
14 214 940 |
15 132 870 |
6,5 |
606 |
Trygderetten |
114 155 |
120 530 |
120 760 |
0,2 |
Sum kategori 09.10 | 14 262 348 | 14 764 549 | 15 698 530 | 6,3 | |
Tiltak for betra levekår m.m. |
|||||
621 |
Tilskot til sosiale tenester og sosial inkludering |
370 851 |
402 410 |
420 880 |
4,6 |
Sum kategori 09.20 | 370 851 | 402 410 | 420 880 | 4,6 | |
Arbeidsmarknad |
|||||
634 |
Arbeidsmarknadstiltak |
9 812 137 |
10 682 625 |
11 618 590 |
8,8 |
635 |
Ventelønn |
1 774 |
1 400 |
100 |
-92,9 |
Sum kategori 09.30 | 9 813 911 | 10 684 025 | 11 618 690 | 8,7 | |
Arbeidsmiljø og sikkerheit |
|||||
640 |
Arbeidstilsynet |
864 426 |
878 310 |
920 780 |
4,8 |
643 |
Statens arbeidsmiljøinstitutt |
166 740 |
173 450 |
180 040 |
3,8 |
646 |
Pionerdykkarar i Nordsjøen |
3 065 |
1 325 |
1 250 |
-5,7 |
648 |
Arbeidsretten, Riksmeklaren m.m. |
30 197 |
29 445 |
30 200 |
2,6 |
Sum kategori 09.40 | 1 064 428 | 1 082 530 | 1 132 270 | 4,6 | |
Pensjonar m.m. under Statens pensjonskasse |
|||||
611 |
Pensjonar frå statskassa |
17 467 |
17 800 |
18 800 |
5,6 |
612 |
Tilskot til Statens pensjonskasse |
7 745 508 |
10 320 000 |
13 016 700 |
26,1 |
613 |
Arbeidsgivaravgift til folketrygda |
1 000 |
1 000 |
1 000 |
0,0 |
2470 |
Statens pensjonskasse |
159 778 |
197 327 |
158 960 |
-19,4 |
Sum kategori 09.50 | 7 923 753 | 10 536 127 | 13 195 460 | 25,2 | |
Kontantytingar |
|||||
660 |
Krigspensjon |
113 781 |
100 000 |
84 000 |
-16,0 |
664 |
Pensjonsordninga for arbeidstakarar til sjøs |
24 000 |
21 000 |
18 400 |
-12,4 |
665 |
Pensjonstrygda for fiskarar |
4 500 |
4 400 |
100,0 |
|
666 |
Avtalefesta pensjon (AFP) |
3 695 388 |
3 990 000 |
4 340 000 |
8,8 |
667 |
Supplerande stønad |
477 518 |
576 000 |
680 000 |
18,1 |
Sum kategori 09.60 | 4 315 187 | 4 687 000 | 5 126 800 | 9,4 | |
Integrering og mangfald |
|||||
670 |
Integrerings- og mangfaldsdirektoratet |
367 764 |
377 140 |
422 400 |
12,0 |
671 |
Busetting av flyktningar og tiltak for innvandrarar |
19 838 061 |
26 017 994 |
25 697 045 |
-1,2 |
672 |
Opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar |
2 293 349 |
2 395 146 |
2 185 205 |
-8,8 |
Sum kategori 09.70 | 22 499 174 | 28 790 280 | 28 304 650 | -1,7 | |
Sum programområde 09 | 60 951 581 | 71 722 811 | 76 273 707 | 6,3 | |
Einslige forsørgarar |
|||||
2620 |
Stønad til einsleg mor eller far |
1 688 193 |
1 685 000 |
1 750 000 |
3,9 |
Sum kategori 29.20 | 1 688 193 | 1 685 000 | 1 750 000 | 3,9 | |
Inntektssikring ved sjukdom, arbeidsavklaring og uførleik |
|||||
2650 |
Sjukepengar |
62 062 231 |
62 237 500 |
71 297 500 |
14,6 |
2651 |
Arbeidsavklaringspengar |
41 102 463 |
44 843 200 |
50 789 000 |
13,3 |
2655 |
Uførleik |
117 840 316 |
126 105 000 |
132 715 500 |
5,2 |
Sum kategori 29.50 | 221 005 010 | 233 185 700 | 254 802 000 | 9,3 | |
Kompensasjon for meirutgifter ved nedsatt funksjonsevne m.m. |
|||||
2661 |
Grunn- og hjelpestønad, hjelpemiddel m.m. |
12 666 271 |
13 104 950 |
14 992 705 |
14,4 |
Sum kategori 29.60 | 12 666 271 | 13 104 950 | 14 992 705 | 14,4 | |
Alderdom |
|||||
2670 |
Alderdom |
296 880 953 |
316 740 000 |
335 593 000 |
6,0 |
Sum kategori 29.70 | 296 880 953 | 316 740 000 | 335 593 000 | 6,0 | |
Forsørgartap m.m. |
|||||
2680 |
Etterlatne |
2 127 010 |
3 328 600 |
3 392 700 |
1,9 |
2686 |
Stønad ved gravferd |
291 938 |
315 000 |
325 000 |
3,2 |
Sum kategori 29.80 | 2 418 948 | 3 643 600 | 3 717 700 | 2,0 | |
Sum programområde 29 | 534 659 375 | 568 359 250 | 610 855 405 | 7,5 | |
Arbeidsliv |
|||||
2541 |
Dagpengar |
10 281 803 |
12 818 000 |
14 315 000 |
11,7 |
2542 |
Statsgaranti for lønnskrav ved konkurs m.m. |
792 082 |
865 000 |
980 000 |
13,3 |
Sum kategori 33.30 | 11 073 885 | 13 683 000 | 15 295 000 | 11,8 | |
Sum programområde 33 | 11 073 885 | 13 683 000 | 15 295 000 | 11,8 | |
Sum utgifter |
606 684 841 |
653 765 061 |
702 424 112 |
7,4 |
Inntekter fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) |
|||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. |
Nemning |
Rekneskap 2023 |
Saldert budsjett 2024 |
Forslag 2025 |
Endring i pst. |
Administrasjon av arbeids- og velferdspolitikken |
|||||
3605 |
Arbeids- og velferdsetaten |
43 919 |
36 524 |
37 912 |
3,8 |
Sum kategori 09.10 | 43 919 | 36 524 | 37 912 | 3,8 | |
Arbeidsmarknad |
|||||
3634 |
Arbeidsmarknadstiltak |
6 588 |
5 000 |
5 000 |
0,0 |
3635 |
Ventelønn m.m. |
1 947 |
1 400 |
100 |
-92,9 |
Sum kategori 09.30 | 8 535 | 6 400 | 5 100 | -20,3 | |
Arbeidsmiljø og sikkerheit |
|||||
3640 |
Arbeidstilsynet |
125 839 |
89 196 |
91 194 |
2,2 |
Sum kategori 09.40 | 125 839 | 89 196 | 91 194 | 2,2 | |
Pensjonar m.m. under Statens pensjonskasse |
|||||
5470 |
Statens pensjonskasse |
55 000 |
55 000 |
55 000 |
0,0 |
Sum kategori 09.50 | 55 000 | 55 000 | 55 000 | 0,0 | |
Integrering og mangfald |
|||||
3671 |
Busetting av flyktningar og tiltak for innvandrarar |
17 300 |
12 779 |
13 265 |
3,8 |
3672 |
Opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar |
52 233 |
40 261 |
68 726 |
70,7 |
Sum kategori 09.70 | 69 533 | 53 040 | 81 991 | 54,6 | |
Sum programområde 09 | 302 826 | 240 160 | 271 197 | 12,9 | |
Diverse inntekter |
|||||
5701 |
Diverse inntekter |
2 246 992 |
2 297 334 |
2 397 569 |
4,4 |
Sum kategori 29.90 | 2 246 992 | 2 297 334 | 2 397 569 | 4,4 | |
Sum programområde 29 | 2 246 992 | 2 297 334 | 2 397 569 | 4,4 | |
Arbeidsliv |
|||||
5704 |
Statsgaranti for lønnskrav ved konkurs |
196 031 |
225 000 |
230 000 |
2,2 |
5705 |
Refusjon av dagpengar |
496 232 |
168 300 |
72 700 |
-56,8 |
Sum kategori 33.30 | 692 263 | 393 300 | 302 700 | -23,0 | |
Sum programområde 33 | 692 263 | 393 300 | 302 700 | -23,0 | |
Sum inntekter |
3 242 081 |
2 930 794 |
2 971 466 |
1,4 |
5.2 Bruk av stikkordet «kan overførast»
Under Arbeids- og inkluderingsdepartementet blir stikkordet «kan overførast» foreslått knytt til desse postane utanom postgruppe 30-49
(i 1 000 kr) |
||||
---|---|---|---|---|
Kap. |
Post |
Nemning |
Overført til 2024 |
Forslag 2025 |
601 |
21 |
Spesielle driftsutgifter |
24 339 |
96 045 |
601 |
22 |
Kunnskapsutvikling i IA-avtalen m.m. |
23 339 |
29 165 |
601 |
71 |
Tilskot til bransjeprogram under IA-avtalen m.m. |
71 850 |
|
601 |
74 |
Tilskot til Noregs forskingsråd |
172 300 |
|
604 |
21 |
Spesielle driftsutgifter |
31 504 |
148 685 |
605 |
22 |
Forskings- og utgreiingsaktivitetar |
10 281 |
71 710 |
621 |
63 |
Sosiale tenester og tiltak for vanskelegstilte |
38 682 |
184 605 |
621 |
70 |
Frivillig arbeid |
4 639 |
112 345 |
634 |
21 |
Forsøk med tilrettelagd vidaregåande opplæring |
8 000 |
51 900 |
634 |
76 |
Tiltak for arbeidssøkarar |
158 441 |
8 384 615 |
634 |
77 |
Varig tilrettelagd arbeid |
47 400 |
2 222 085 |
634 |
79 |
Funksjonsassistanse i arbeidslivet |
7 394 |
142 005 |
646 |
72 |
Tilskot |
101 |
1 250 |
648 |
21 |
Spesielle driftsutgifter |
590 |
|
670 |
21 |
Spesielle driftsutgifter |
30 000 |
|
671 |
60 |
Integreringstilskot |
22 865 771 |
|
672 |
21 |
Spesielle driftsutgifter |
39 753 |
88 920 |
2650 |
76 |
Tilskot til ekspertbistand og kompetansetiltak for sjukmelde |
97 500 |
Fotnotar
Card, D., Kluve, J. og Weber, A. (2018). What works? A meta-analysis of recent labor market program evaluations. Journal of the European Economic Association, 2018:3 og von Simson, K. (2023). Hva virker for hvem? Kunnskapsoversikt over effekter av aktiveringstiltak på sysselsetting og arbeidstilbud. Norske erfaringer. Rapport2023:1. Oslo: Arbeids- og velferdsdirektoratet.
Oslo Economics, Frichsenteret, Proba samfunnanalyse og CMS Kluge (2023) Områdegjennomgang av arbeidsmarkedstiltak: Anbefalinger for effektiv og kunnskapsbasert bruk. Rapport 2023:88. Oslo: Oslo Economics og Oslo Economics og Frischsenteret (2024). Effekter av arbeidsmarkedstiltak. Rapport 2024:26. Oslo: Oslo Economics.
IMDi: Hvordan går det med integreringen i Norge? Indikatorer, status og utviklingstrekk i 2024
Arbeidsmiljøet i Norge og EU – en sammenlikning (2023). STAMI-rapport, årgang 24, nr. 3, Oslo: Statens arbeidsmiljøinstitutt.
Tala er noko lågare enn ved den førre målinga i 2021, men det er vanskeleg å seie om nedgangen er reell, ettersom levekårsundersøkinga har blitt endra i mellomtida.
Faggrupperapport 2022: Målene om et mer inkluderende arbeidsliv – status og utviklingstrekk. Rapport 2022. Rapportering frå faggruppa for IA-avtalen.
Fløvik, L. et al. Arbeid hjemmefra, helse og arbeidsmiljø. En systematisk kunnskapsoppsummering. STAMI-rapport nr. 3, 2021. Oslo: Statens arbeidsmiljøinstitutt.
Faktabok om arbeidsmiljø og helse 2024. Status og utviklingstrekk. STAMI-rapport (2024).
Faktabok om arbeidsmiljø og helse 2024. Status og utviklingstrekk. STAMI-rapport (2024).
Sterud, T. (2014) «Work-related mechanical risk factors for long-term sick leave: a prospective study of the general working population in Norway», Eur J Public Health, 24(1)/2014. s. 111-116.
Aagestad, C. et al. (2014) «Work-related psychosocial risk factors for long-term sick leave: a prospective study of the general working population in Norway», J Occup Environ Med, 56(8)/2014.s. 787-793.
Aaberge, R., Langørgen, A., & P. Lindgren (2017). The distributional impact of public services. Aaberge, R., et al. (2010). The distributional impact of public services when needs differ.
OECD Economic Surveys: Norway 2024, OECD Publishing, Paris.
I pst. av befolkninga i alderen 18 til 66 år.
Busette i Noreg.
Nossen, J.P og Delalic, L (2024) «Hvorfor er sykefraværet fortsatt høyt 3-4 år etter starten av pandemien?» Arbeid og velferd 2/2024
Arbeidsavklaringspengar inkluderer forløparane rehabiliteringspengar, attføringspengar og tidsavgrensa uførestønad.
Kalstø, Å.M. og Kann, I.C. (2018) «Færre på helserelaterte ytelser – friskere befolkning?», Arbeid og velferd 4/2018.
Brage, S., Kann, I.C. og Thune, O. (2013) «Er det slik at få individer står for det meste av sykefraværet?», Arbeid og velferd 3/2013.
Varigheit er da målt frå start av arbeidsavklaringspengar eller frå forrige tilgang til arbeidsavklaringspengar.
Andelen er berekna ut frå alle som mottok arbeidsavklaringspengar gjennom heile kalenderåret. Arbeid er definert som at vedkommande har registrert arbeid på meldekortet.
Andelen er berekna ut frå alle som fekk uføretrygd gjennom heile kalenderåret. Arbeid er definert som at vedkommande er registrert i Aa-registeret, og at avtalt arbeidstid er minst fire timar i veka.
Kann, I.C., Brage, S., Kolstad, A., Nossen, J.P. og Thune, O. (2012) «Har gradert sykmelding effekt på sykefraværet?», Arbeid og Velferd 2/2012.
Kann, I.C., Bragstad, T. og Thune, O. (2013) «Stadig flere på trygd?», Arbeid og velferd 3/2013.
Kann, I.C. og Lima, I.Å. (2015) «Tiltak i NAV Hedmark ga færre nye mottakere av arbeidsavklaringspenger», Arbeid og Velferd 3/2015.
Kann, I.C., Thune, O. og Galaasen, A.M. (2013) «Gir lavere sykefravær færre på langtidsytelser?», Arbeid og Velferd 3/2013.
Schreiner, R. (2019) «Unemployed or Disabled? Disability Screening and Labor Market Outcomes of Youths», Memorandum 5/2019, Universitetet i Oslo, Økonomisk institutt.
Kalstø, Å.M. og Kann, I.C. (2018) «Færre på helserelaterte ytelser – friskere befolkning?», Arbeid og velferd 4/2018.
Bragstad, T. (2018) «Vekst i uføretrygding blant unge», Arbeid og velferd 2/2018.
Bragstad, T. (2023) «Unge i NAV: Fra arbeidsavklaringspenger til uføretrygd», Arbeid og velferd 2/2023.
Bratsberg, B., Raaum, O. og Røed, K. (2011) «Yrkesdeltaking på lang sikt blant ulike innvandrergrupper i Norge», Rapport 1/2011, Frischsenteret.
Bratsberg, B., Raaum, O. og Røed, K. (2017) «Immigrant labor market integration across admission classes», Nordic Economic Policy Review – Labour Market Integration in the Nordic Countries 2017.
Til samanlikning var det i overkant av 2,5 millionar sysselsette årsverk i heile befolkninga ved utgangen av 2023.
Fredriksen D., Holmøy E., Strøm B. og Stølen N.M. (2019) «Betydningen av pensjonsreformen for arbeidstilbud og offentlige finanser». Søkelys på arbeidslivet 4/2019.
Talet blir påverka av at relativt mange alderspensjonistar og uføretrygda samtidig er yrkesaktive.
Tilsvarande justering er brukt også for 2021–2025 sjølv om reguleringsreglane har blitt endra for desse åra. Effektar av endringar i reguleringsreglane for desse åra, som har gitt høgare pensjonsregulering kvart av åra, vil dermed inngå som ein del av realveksten.
Lima, I. (2024) «Mange nyankomne flyktninger ga sterk vekst i sosialhjelpsutgiftene», Arbeid og velferd 2/2024.
I statistikken definerer SSB innvandrarar som utanlandsfødde med to utanlandsfødde foreldre, og inkluderer ikkje norskfødde med innvandrarbakgrunn. Den sistnemnde gruppa utgjorde i 2023 om lag 2 pst. av alle sosialhjelpsmottakarar.