Del 2
Budsjettforslag
4 Nærmare omtale av løyvingsforslaga mv.
Programområde 18 Energiformål
Programkategori 18.00 Administrasjon
Energidepartementet
Energidepartementet skal legge til rette for ein samordna og heilskapleg energipolitikk. Departementet er sektorforvaltar og har ansvar for styringa av etatane Sokkeldirektoratet, Noregs vassdrags- og energidirektorat og Havindustritilsynet og eigaroppfølginga av Statnett SF, Gassnova SF og Gassco AS. Vidare har departementet ansvar for forvaltninga av Fond for CO2-handtering.
Det blei utført 156 årsverk i Energidepartementet i 2023.
Departementet har ein energiråd ved Noregs delegasjon til EU i Brussel, ein energiråd ved ambassaden i Washington og ein energimedarbeidar ved OECD-delegasjonen i Paris.
Departementets energipolitiske mål og oppgåver for 2025 og resultat for 2023 er omtalte under programkategoriane.
Kap. 1800 Energidepartementet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2023 | Saldert budsjett 2024 | Forslag 2025 |
01 | Driftsutgifter | 225 360 | 246 100 | 261 041 |
21 | Spesielle driftsutgifter, kan overførast, kan nyttast under postane 50, 71 og 72 | 38 077 | 33 000 | 39 300 |
50 | Overføring til andre forvaltningsorgan, kan overførast | 1 784 | 1 500 | 2 250 |
70 | Tilskot til internasjonale organisasjonar mv. | 9 899 | 11 700 | 10 500 |
71 | Norsk Oljemuseum | 15 627 | 16 200 | 16 800 |
72 | Tilskot til energiformål, kan overførast, kan nyttast under post 21 | 8 697 | 14 000 | 13 000 |
Sum kap. 1800 | 299 444 | 322 500 | 342 891 |
Post 01 Driftsutgifter
Departementet foreslår å løyve 261 mill. kroner til lønnsutgifter og andre utgifter til drift av Energidepartementet. Lønnsrelaterte utgifter utgjer omkring 85 prosent.
Forutan lønns- og prisjustering har auken frå saldert budsjett 2024 samanheng med tiltak for å rekruttere og behalde nødvendig kompetanse i departementet og auka lisensutgifter mv. til nasjonalt begrensa nett.
Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast, kan nyttast under postane 50, 71 og 72
Departementet foreslår ei løyving på 39,3 mill. kroner og ei bestillingsfullmakt på 15 mill. kroner, jf. forslag til vedtak III.
Løyvinga dekker utgifter til kjøp av eksterne tenester, oppdrag og prosjekt som er vesentlege for Energidepartementets arbeid, men som departementet ikkje har kapasitet eller kompetanse til å utføre sjølv. Dette omfattar mellom anna større utgreiingar, utval og analysar, avgjerdstøtte, uavhengige vurderingar og evalueringar og anna kunnskapsutvikling og formidling.
Kulturminneundersøkingar i regulerte vassdrag
Av forslag til løyving er 15 mill. kroner knytte til kulturminneundersøkingar i regulerte vassdrag i regi av Riksantikvaren. Kulturminneundersøkingane er finansierte av sektoravgift for kulturminnevern i regulerte vassdrag som blir inntektsført under kap. 5582, post 70 Bidrag til kulturminnevern i regulerte vassdrag.
Planlagde undersøkingar i 2025 omfattar vassdraga Altevatn, Auravassdraget, Flåmsvassdraget, Holsvassdraget, Røssvatnet, Svelgenvassdraget, Tesse, Tokke-Vinjevassdraget og Abjøravassdraget.
Post 50 Overføring til andre forvaltningsorgan, kan overførast
Gjennom departementets tilskotsordning til kompetanseutvikling og formidling med relevans for energiområdet er Naturfagsenteret ved Universitet i Oslo gitt tilsegn om tilskot på 3,5 mill. kroner for perioden 2023–2025 til gjennomføring av ein årleg energikonferanse og kampanjen Årets energioppdrag, som er retta mot elevar frå femte trinn til vidaregåande opplæring. Av dette vil 1,5 mill. kroner bli utbetalte i 2025.
Vidare er det gitt tilsegn om tilskot på 2 mill. kroner til Universitet i Oslo for gjennomføring av Novemberkonferansen i Rio de Janeiro i åra 2023–2025. Tilskotet skal bidra til å vidareutvikle dei bilaterale relasjonane og samarbeidet mellom Brasil og Noreg innanfor forskings- og teknologisamarbeid i energisektoren. Av tilsegna vil 0,75 mill. kroner bli utbetalte i 2025.
På denne bakgrunnen foreslår departementet å løyve 2,25 mill. kroner.
Resultat 2023
Universitetet i Oslo
Det blei utbetalt om lag 0,2 mill. kroner til Naturfagsenteret ved Universitetet i Oslo til gjennomføringa av ein energikonferanse for realfagslærarar frå ungdomsskolen og vidaregåande skole som deltar i Lektor2-ordninga. Gjennom energikonferansen fekk lærarane relevant og oppdatert informasjon om energisektoren og større kunnskap om teknologiske nyvinningar og bruk av teknologien i arbeidslivet.
Vidare blei det utbetalt 0,5 mill. kroner til gjennomføringa av kampanjen Årets energioppdrag. Tilskotet har i 2023 gått til å dekke ein prosjektleiar i 50 prosent stilling. Arbeidet har ført til utforminga av eit oppdrag med Fornybar Norge og Offshore Norge som oppdragsgivarar og rekrutteringa av 18 deltakarskular. Naturfagsenteret har også utvikla ei nettside og ressursar til energioppdraget.
Universitet i Oslo fekk i 2023 tilsegn om tilskot på inntil 2 mill. kroner til gjennomføring av Novemberkonferansen i Rio de Janeiro i åra 2023–2025. Konferansen skal mellom anna bygge vidare på utviklinga dei siste åra med større vekt på energiomstilling og utfordringar knytte til berekraftig utvikling av nærings- og samfunnsliv. Konferansen blei arrangert for tiande gong i 2023, og det var første gongen det var fleire sesjonar om fornybar energi og ESG (Environmental, Social and Governance) enn om olje og gass. Av tilsegna blei det utbetalt 0,6 mill. kroner til gjennomføringa av Novemberkonferansen i 2023.
Noregs forskingsråd
Det blei utbetalt 0,5 mill. kroner til gjennomføring av ei utgreiing som skulle vurdere om det er forskingsfagleg grunnlag for å opprette eit kombinert forskings- og testsenter på Svalbard for utvikling og bruk av null- eller lågutslepp energiteknologi under arktiske forhold. Utgreiinga konkluderte med at det ikkje er eit godt forskingsfagleg grunnlag for å etablere eit slikt senter. Konklusjonen blir grunngitt i eksisterande forskingsaktivitet innanfor energi globalt, dei forskingsfaglege avgrensingane knytte til Svalbard og eit sårbart miljø, og føresetnadene Svalbard har til å bygge eitt eller fleire forskingsmiljø i verdsklasse på område der ein i dag har avgrensa aktivitet. Forskingsrådet vurderer at det ikkje er tilstrekkeleg nasjonalt eller internasjonalt marknadsgrunnlag for å etablere eit fysisk testsenter i Longyearbyen.
Post 70 Tilskot til internasjonale organisasjonar mv.
Departementet foreslår å løyve 10,5 mill. kroner til ulike internasjonale organisasjonar. Reduksjonen frå saldert budsjett 2024 har samanheng med oppdaterte anslag og valutakursføresetnader.
ACER
Innlemming av forordning 714/2009 om grensekryssande krafthandel og forordning 713/2009 i EØS-avtalen sikrar norsk deltaking i EUs byrå for samarbeid mellom nasjonale reguleringsmyndigheiter på energiområdet, ACER. Noreg betaler ein årleg kontingent basert på ei berekning av EFTA-landa sin del av finansieringa i program og byrå som Noreg deltar i gjennom EØS-avtalen.
International Energy Forum
International Energy Forum (IEF) er ein arena for global energidialog. Målet for organisasjonen er å skape forståing for fellesinteresser blant medlemslanda, legge til rette for stabile marknader og global handel med energi og teknologi, styrke energisikkerheita på tilbods- og etterspørselssida og utvikle prinsipp og retningslinjer for transparente og robuste energimarknader. Innsamling, analyse og spreiing av informasjon er ein sentral del av dette arbeidet, og sekretariata til International Energy Agency (IEA) og OPEC gir viktige bidrag i så måte. Arbeidet blir finansiert gjennom bidrag frå deltakarlanda.
Massachusetts Institute of Technology
Massachusetts Institute of Technologys (MIT) Joint Program on the Science and Policy of Global Change er eit forskingsprogram med eit tverrfagleg perspektiv på korleis globale klimaproblem kan løysast. Ved å delta i programmet får departementet faglege innspel på relevante område, dialog med eit breitt fagleg og internasjonalt miljø med høg kompetanse og større teknisk kunnskap om globale problemstillingar knytte til energi, klima og samfunn.
The Oxford Institute for Energy Studies
The Oxford Institute for Energy Studies er eit anerkjent uavhengig energiforskingsinstitutt som fokuser på tverrfagleg analyse av globale energispørsmål på tvers av olje-, gass- og elektrisitetsmarknadene. Instituttet arrangerer mellom anna kurs og møteplassar for energimarknadsekspertar og gir ut forskingsrapportar og andre publikasjonar. Ved å delta i olje- og gassprogramma ved instituttet får departementet større forståing av relevante problemstillingar knytte til olje- og gassmarknadene, og tilgang til eit breitt fagleg miljø med høg kompetanse når det gjeld globale energispørsmål.
Clean Energy Ministerial
Clean Energy Ministerial (CEM) er eit globalt forum for politikkutvikling og program for å fremme teknologi, informasjonsdeling og erfaringsutveksling om energiomstilling og rein energi. CEM omfattar 50 land som er med på å legge faggrunnlaget for globale samarbeid gjennom G20 og FNs klimatoppmøte (COP). IEA sitt FoU-program (IEAGHG) koordinerer arbeidet som sekretariatet for CEM. Arbeidet blir finansiert gjennom bidrag frå deltakarlanda. Noregs økonomiske bidrag til CEM dekker drift av CEM-sekretariatet, og initiativ som fremmer utvikling av CO2-handtering, hydrogensamarbeid og storskala utbygging av lågkarbon drivstoff for maritim næring.
International Partnership for Hydrogen and Fuel Cells in the Economy
International Partnership for Hydrogen and Fuel Cells in the Economy (IPHE) er eit samarbeid mellom 22 deltakarland som skal fremme internasjonalt samarbeid om hydrogen og brenselceller. IPHE har mellom anna etablert ei arbeidsgruppe, Hydrogen Production Analysis (H2PA) Task Force, som skal utvikle ein metode for å fastsette CO2-fotavtrykket ved ulike former for hydrogenproduksjon som elektrolyse og dampreformering med CO2-handtering. Arbeidet blir finansiert gjennom bidrag frå deltakarlanda.
International Centre for Hydropower
International Centre for Hydropower (ICH) har ei omfattande kursverksemd globalt der ein deler norsk kompetanse og erfaring frå vasskraftutvikling, noko som er eit viktig bidrag for å fremme berekraftige vasskraftløysingar internasjonalt og for å profilere norsk vasskraftkompetanse i den globale marknaden. Arbeidet blir finansiert gjennom bidrag frå deltakarlanda.
Post 71 Norsk Oljemuseum
Stiftinga Norsk Oljemuseum er eit nasjonalt senter som formidlar informasjon og kunnskap om utviklinga av petroleumsverksemda og kva verksemda har hatt å seie for det norske samfunnet. Hovudoppgåva til museet er å dokumentere og formidle den norske oljehistoria gjennom å samle inn, omarbeide og lagre relevant historisk kjeldemateriale og gjere denne informasjonen tilgjengeleg gjennom utstillingar og anna publisering. Drifta av museet blir finansiert gjennom offentlege driftstilskot frå stat, fylkeskommune og kommune, avkastning frå fondsmidlar, bidrag frå industrien og eigne inntekter.
Departementet foreslår eit tilskot på 16,8 mill. kroner til Norsk Oljemuseum i 2025.
Resultat 2023
Norsk Oljemuseum hadde inntekter på om lag 44 mill. kroner i 2023, der i underkant av 16 mill. kroner var tilskot frå Energidepartementet.
Etter to år med sviktande besøkstal (2020 og 2021), og deretter eit rekordår som følge av dinosaurutstillinga, blei 2023 eit år på linje med 2019, med totalt 147 187 besøkande.
I mars 2023 opna ei ny mellombels utstilling på museet med tittelen «KUTT!». I utstillinga blei publikum invitert til å utforske nye teknologiar som reduserer utslepp av klimagassar på norsk sokkel. Utstillinga presenterte tre teknologiar – havvind, hydrogen og CO2-handtering. Museet starta arbeid med Industriminne Gullfaks, det sjette i rekka, som går over tre år og er finansiert av produksjonslisensen. Museet arbeider med å skrive historia til riggnæringa og gjennomfører dokumentasjonsprosjektet om Alexander L. Kielland-ulykka med planlagd avslutning i 2025.
Museet har skoletilbod tilpassa alle klassetrinn. Undervisningsopplegga er knytte til læreplanane i ulike fag og supplerer skoleundervisning innanfor tema som geologi, matematikk, energi, historie, samfunnsøkonomi og samfunnsfag. I løpet av 2023 hadde museet nærmare 8 800 skoleelevar på besøk på ulike formidlingsopplegg, og undervisningsdagar for lærarstudentar ved Universitetet i Stavanger blei gjennomført som vanleg. Museet deltar også aktivt i bransjeorganisasjonen Virke sitt nettverk «Museer i reiselivet». Samarbeidet om «Museumsbyen Stavanger» blei gjennomført også i 2023, med gjensidig rabatterte sommarbillettar.
Post 72 Tilskot til energiformål, kan overførast, kan nyttast under post 21
Departementet foreslår ei løyving på 13 mill. kroner og ei tilsegnsfullmakt på 10 mill. kroner, jf. forslag til vedtak IV.
Tilskotsordning for å styrke kompetansemiljø for havvind (Sørlandets Kompetansefond)
Det blir foreslått å sette av 10 mill. kroner i tilskot for å styrke kompetansemiljø for havvind. Sørlandets Kompetansefond, som er ein nøytral og kompetent aktør, forvaltar tilskotsordninga og behandlar søknader om tilskot innanfor ordninga.
Mål og målgruppe
Ordninga skal bidra til at mottakarar av tilskot, gjennom samarbeid og fellesfinansiering, bidrar til kapasitets- og kunnskapsoppbygging, kompetanseoverføring og formidling for industriutvikling og tilrettelegging for innovasjon og teknologiutvikling innanfor havvind. Tilskotet skal bidra til at det overordna målet til regjeringa i vegkartet for grønt industriløft blir nådd når det gjeld havvind.
Tildelingskriterium og oppfølging
Ved behandlinga av søknader om tilskot skal det leggast særleg vekt på desse punkta:
korleis prosjektet eller tiltaket underbygger kapasitets- og kunnskapsoppbygging, kompetanseoverføring og -formidling, som igjen skal bidra til industriutvikling og tilrettelegging for innovasjon og teknologiutvikling innanfor havvind
korleis tiltaket eventuelt på annan måte støttar opp under formålet med ordninga, og kvifor støtta er utløysande for tiltaket
om prosjekt, prosessar eller tiltak der forholda ligg godt til rette for å oppnå resultat eller etablere kunnskap, overfører eller formidlar kunnskap mv. for industriutvikling innanfor havvind gjennom samarbeid og fellesfinansiering
Sørlandets Kompetansefond er ansvarleg for oppfølging og kontroll. Ordninga blir kunngjord på nettsidene til Sørlandets Kompetansefond og departementet.
Resultat 2023
Sørlandets Kompetansefond fekk i oppdrag å forvalte 5 mill. kroner til ei tilskotsordning for å styrke kompetansemiljøet for havvind. Utlysinga blei gjord av Sørlandets Kompetansefond i tråd med regelverket for tilskotsordninga. Fondet fekk éin søknad frå Nasjonalt kompetansesenter for havvind AS, som blei tildelt tilskotet.
Nasjonalt kompetansesenter for havvind starta i 2023 arbeidet med kunnskapsbanken havvind.no, der dei samlar all tilgjengeleg informasjon knytt til havvind. Nettsida havvind.no blei lansert i mai 2024. Vidare har dei etablert prosjektet VindKOMP, som skal bidra til betre kunnskap om og forståing av kompetanse- og kapasitetsbehov i havvindindustrien, identifisere behovet for rekruttering til nøkkelutdanningsløp for havvindnæringa og bidra til nasjonal satsing på havvindkompetanse i høgare utdanning.
Tilskotsordning for kompetanseutvikling og formidling med relevans for energiområdet
Departementet foreslår å sette av 3 mill. kroner til kompetanseutvikling og formidling med relevans for energiområdet.
Mål og målgruppe
Ordninga skal bidra til å styrke departementets kunnskap om og arbeid med energipolitikk. Dette omfattar forskings-, utviklings- og samarbeidstiltak som kan bidra til større eller ny kunnskap. Det kan også omfatte samhandlingstiltak innanfor sektoren som bidrar til meir effektiv måloppnåing, gjennomføring av kostnadseffektive løysingar og kvalitetsforbetringar. Tiltak skal primært, men ikkje berre, ha som formål å dekke relevante temaområde som ikkje blir dekte av annan offentleg finansiert forskingsinnsats og andre ordningar.
Dei som kan få tilskot gjennom denne tilskotsordninga, er universitet, høgskolar, frittståande forskingsinstitusjonar og andre organisasjonar som driv med forsking, formidling, forbetringstiltak og kompetanseutvikling innanfor energiområdet.
Tildelingskriterium og oppfølging
Ved behandlinga av søknader om tilskot innanfor ordninga blir det lagt særleg vekt på desse punkta:
geografiske og tematiske område som er særleg relevante for norsk energipolitikk
verdien av tiltaket og korleis det bidrar i departementets arbeid med utforming av energipolitikk
den allmenngyldige verdien av tiltaket, der erfaringar, formidling og metodar kan nyttiggjerast av andre
samarbeid og fellesfinansiering med organisasjonar og andre der forholda ligg til rette for å oppnå resultat som bidrar til større eller ny kunnskap, formidling og/eller kompetanseoverføring om viktige tema innanfor energiområdet
Departementet er ansvarleg for oppfølging og kontroll. Ordninga blir kunngjord på nettsidene til departementet.
Resultat 2023
Standard Norge
Det blei utbetalt 3 mill. kroner til eit treårig næringsprosjekt (2022–2024) innanfor petroleumsstandardisering med hovudvekt på berekraft, fornybar energi og digitalisering. Prosjektet reviderer og gjer NORSOK-standardar tilgjengelege i digitalt format og utviklar nasjonale og internasjonale standardar retta mot reduserte klimautslepp og fornybar energi offshore. Dette inkluderer havvind, hydrogen og karbonfangst og -lagring. Standardane bidrar til kostnadsinnsparingar og sikkerheit som følge av digitalisering av oppgåver innanfor prosjektering, innkjøp og drift.
Det er auka etterspørsel etter standardar som rettar seg mot fornybar energi. Standard Norge bidrar til det grøne skiftet ved å utforme internasjonale standardar retta mot fornybar energi. Standard Norge har i 2023 etablert ei ny arbeidsgruppe som skal arbeide med storskala produksjon av blått og grønt hydrogen, og nærliggande fagområde. Standard Norges prosjekt bidrar til sterk norsk deltaking i internasjonalt standardiseringsarbeid.
Ein ny standard, ISO 23726-3 Industrial Data Ontology (IDO), blei etablert i 2023. Standarden skal gjere det mogleg å gå over frå dokumentbaserte arbeidsprosessar til digitale arbeidsprosessar som er forståelege for både menneske og maskiner.
International Energy Agency
Det blei utbetalt 60 000 euro til gjennomføring av ein studie om hydrogenmarknaden i Nordvest Europa i perioden 2022–2024. Fleire land var med og finansierte studien. Studien er eit samarbeid mellom landa i hydrogeninitiativet til Clean Energy Ministerial og arbeidsgruppa Roundtable on the North-West European Region. Studien gir ei oversikt over utviklinga i hydrogenmarknaden i Nordvest-Europa til nytte for mellom anna myndigheiter, forskingsmiljø og næringsliv.
European Youth Parliament Norway
Det blei utbetalt 50 000 kroner til gjennomføring av ein konferanse for ungdom i Tromsø i mars 2023. Det overordna temaet på konferansen var arktisk berekraft, med vekt på det internasjonale samarbeidet i nordområda. Dette omfatta mellom anna klima- og energipolitikk, som fornybar energi og det grøne skiftet.
Kap. 4800 Energidepartementet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2023 | Saldert budsjett 2024 | Forslag 2025 |
70 | Garantiprovisjon, Gassco | 2 142 | 2 000 | 2 200 |
Sum kap. 4800 | 2 142 | 2 000 | 2 200 |
Post 70 Garantiprovisjon, Gassco
Energidepartementet har stilt ein garanti innanfor ei samla ramme på inntil 1 mrd. kroner for skadar og tap på mottaksterminalane på kontinentet som er oppstått som følge av forsettlege handlingar hos leiande personell i Gassco AS, jf. garantifullmakt i Vedlegg 1. Garantiprovisjonen er sett til 70 prosent av forsikringspremien på den ordinære ansvarsforsikringa til Gassco.
Kap. 5582 Sektoravgifter under Energidepartementet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2023 | Saldert budsjett 2024 | Forslag 2025 |
70 | Bidrag til kulturminnevern i regulerte vassdrag | 166 | 2 000 | 12 400 |
Sum kap. 5582 | 166 | 2 000 | 12 400 |
Om 2024
Ved Stortingets vedtak 21. juni 2024 blei post 70 auka med 4 mill. kroner, jf. Prop. 104 S (2023–2024) og Innst. 447 S (2023–2024).
Post 70 Bidrag til kulturminnevern i regulerte vassdrag
Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) krev inn sektoravgift som blir pålagd ved vilkårsrevisjonar og ved fornying av konsesjonar gitt før 1960 der det ikkje blei sett krav eller gjort arkeologiske undersøkingar før utbygging. Konsesjonæren betaler eit eingongsbeløp berekna ut frå størrelsen på produksjon i reguleringsmagasinet i GWh. NVE bereknar magasinkapasiteten for reguleringa og sender krav om innbetaling av sektoravgift til kvar enkelt konsesjonær etter at vedtak om revisjon eller fornying er gjort.
Det er forventa at NVE vil krevje inn sektoravgift som gjeld sakene Namsen, Limingen, Vrenga, Seljord og Begna i 2025.
Sektoravgifta dekker kostnader til arkeologiske undersøkingar i vassdrag. Departementet stiller midlar frå innkrevjinga til disposisjon for Riksantikvaren, som følger opp kulturminneundersøkingar i regulerte vassdrag, jf. kap. 1800, post 21.
Programkategori 18.10 Petroleum
Områda som er omtalte under denne programkategorien, er petroleumsverksemda, transport og lagring av CO2 i undersjøiske reservoar på norsk kontinentalsokkel og undersøking og utvinning av mineralførekomstar på norsk kontinentalsokkel. Sikkerheit og arbeidsmiljø i petroleumsverksemda og anna industriverksemd til havs blir omtalt i programkategori 18.60.
Utviklingstrekk
Petroleumssektoren
Petroleumssektoren i Noreg er ei eksportverksemd som bidrar til å dekke det grunnleggande behovet for energi i verda, ikkje minst i Europa. Felta i Noreg dekker 2–3 prosent av olje- og gassbruken i verda. Noreg er den største produsenten og den einaste nettoeksportøren av olje og gass i Vest-Europa. Produksjonen på norsk kontinentalsokkel, på norske olje- og gassfelt, er derfor viktig for europeisk energisikkerheit. Felta på norsk kontinentalsokkel er den største enkeltkjelda for gass til Europa.
Totalt blei det produsert og selt 116 mrd. Sm3 gass frå norske felt i 2023, ein reduksjon på rundt 5 prosent frå 2022. Årsaka til reduksjonen var først og fremst auka nedetid på grunn av vedlikehald i gassleveransekjeda i 2023.
Norske gassleveransar på 116 mrd. Sm3 er eit høgt nivå historisk sett. Høge leveransar er viktige for energiforsyninga i Europa. Etter Russlands fullskalainvasjon av Ukraina har norske gassleveransar utgjort ein større del av EU og Storbritannias samla gassforsyning enn før, og Noreg leverer eit gassvolum som dekker om lag 30 prosent av forbruket. Den største enkeltkjelda til gass i Europa er no gass importert på skip (LNG). Gassprisen i Europa blir no i all hovudsak bestemt av importprisen for LNG.
I 2024 er norsk gassproduksjon anslått til i overkant av 122 mrd. Sm3.
Petroleumsverksemda er Noregs største næring målt i verdiskaping, statlege inntekter, investeringar og eksportverdi. Det har ho vore dei siste tiåra, og ho vil venteleg vere det i mange år framover også. I 2023 stod petroleumsverksemda for rundt 24 prosent av all verdiskaping i landet og utgjorde om lag 50 prosent av eksportverdiane.
Petroleumsressursane tilhøyrer fellesskapen, og verksemda er viktig for finansieringa av velferdsstaten. Innteninga frå kontinentalsokkelen har vore på særleg høge nivå dei seinaste åra. Den samla netto kontantstraumen til staten frå petroleumsverksemda i 2023 var på heile 978 mrd. kroner. I 2024 er det anslått at han vil vere på 680 mrd. kroner, medan anslaget for 2025 er 643 mrd. kroner. Dersom olje- og gassprisane held seg relativt høge over tid, vil dei samla bidraga til Statens pensjonsfond utland dei neste åra vere store også i forhold til dagens fond.
Den samla etterspørselen frå petroleumsverksemda på norsk kontinentalsokkel mot fastlandsnæringane ligg på eit høgt nivå, og er ein viktig bidragsytar til økonomisk aktivitet og sysselsetting over heile landet. I 2023 stod petroleumsverksemda for 18 prosent av dei totale investeringane i produksjonskapital i Noreg. Ringverknadene på fastlandet er store frå både utbygging og drift. Menon Economics (2023) har berekna den totale sysselsettinga knytt til næringa i 2021. Om lag 204 000 personar busette over heile landet var direkte eller indirekte knytte til næringa.
Næringa er teknologisk avansert og høgproduktiv. Den høge produktiviteten i næringa underbygger den høge levestandarden i Noreg. Næringa stimulerer til positiv nærings- og teknologiutvikling i heile den norske økonomien og bidrar dermed på mange måtar til ei positiv samfunnsutvikling.
Det totale ressursestimatet for både påviste og ikkje-påviste ressursar er på 15,6 mrd. Sm3 o.e. Ved utgangen av 2023 var 70 prosent av dei totale påviste ressursane seld og levert til marknaden. Av dei ressursane som er igjen, er det anslått at rundt halvparten ikkje er påvist enno. Estimatet for ikkje-påviste ressursar er svært usikkert. Det inkluderer også anslag for ressursar i område som i dag ikkje er opna for petroleumsverksemd.
Leiteaktiviteten heldt seg i 2023 på eit stabilt nivå. Det blei påbegynt 34 leitebrønnar, det vil seie like mange som i 2022. Det blei gjort 14 olje- og gassfunn, med eit førebels samla ressursestimat på om lag 50 mill. Sm3 o.e. Funnsuksessen mellom 2010 og 2023 var på nær 50 prosent, noko som er høgt i internasjonal samanheng. Den samla samfunnsøkonomiske avkastninga frå leiting dei siste 20 åra har vore høg. I denne perioden har kvar krone investert i leiting gitt over 3 kroner tilbake. I 2024 er det venta 40–45 leitebrønnar, noko fleire enn i 2023. Per 30. juni er det bora 25 leitebrønnar totalt. 14 av desse er undersøkingsbrønnar, og det er gjort 7 funn.
Ressursbasen på kontinentalsokkelen blir meir moden over tid ved at den akkumulerte produksjonen aukar og havområda blir meir og meir utforska. Dette inneber at ressurstilveksten per leitebrønn venteleg blir lågare framover, særleg i Nordsjøen og Norskehavet, sjølv om historia har vist at det også kan gjerast store overraskingsfunn i meir modne og utforska område. Mange av dei funna som blir gjorde no, ligg nær eksisterande infrastruktur som dei kan bli fasa inn til, slik at dei kan utviklast kostnadseffektivt og dermed ha god lønnsemd. Funn som blir fasa inn til eksisterande infrastruktur, kan også bidra til å forlenge produksjonen frå eksisterande felt og gjere det lønnsamt å leite meir i nærområdet.
Dagens funnportefølje inneheld få store funn som forsvarer sjølvstendige utbyggingar, og som kan gi høg produksjon over tid. Skal ein halde oppe eller bremse ein framtidig nedgang i produksjon, sysselsetting, verdiskaping og statlege inntekter, er ein derfor avhengig av også å gjere nye store, drivverdige funn. Potensialet for store funn i opne område er størst i Barentshavet, som er det minst utforska havområdet på kontinentalsokkelen.
I 2023 blei det produsert totalt 233 mill. Sm3 o.e., noko som svarer til 4 mill. fat o.e. per dag. Oljeproduksjonen er i dag vesentleg lågare enn for 20 år sidan, medan den norske gassproduksjonen no er på platå. Den samla produksjonen når venteleg ein ny topp i 2025.
Med dagens planar og prosjekt vil produksjonen på norsk kontinentalsokkel venteleg ligge på eit høgt nivå det neste tiåret. Deretter reknar ein med at det går gradvis nedover. For kontinentalsokkelen samla sett er det behov for store investeringar både i lønnsame tiltak for auka utvinning på eksisterande felt og utvikling av nye, lønnsame felt for å bremse det naturlege fallet i produksjonen på eksisterande felt framover i tid.
Dei totale petroleumsinvesteringane, inkludert leite- og fjerningskostnader, var i 2023 på rundt 216 mrd. kroner. Per 1. september går det for seg 15 nye utbyggingar og 7 prosjekt for vidareutvikling av felt i produksjon. Desse prosjekta bidrar til å halde investeringsnivået oppe og vil bidra til å bremse det underliggande fallet i produksjonen det neste tiåret.
Per 1. september 2024 var 93 felt i produksjon. Det blir kontinuerleg gjort investeringar i eksisterande felt, slik at utvinningsgraden aukar og levetida blir forlengd, samtidig som nye felt blir bygde ut. Dei fleste nye utbyggingar er havbotnutbyggingar som blir fasa inn til eksisterande infrastruktur. Slike utbyggingar er kvar for seg store industriprosjekt i eit nasjonalt perspektiv. I 2023 godkjende departementet plan for utbygging og drift (PUD) av felta Yggdrasil, Fenris/Valhall PWP, Halten Øst, Tyrving, Irpa, Verdande, Dvalin Nord, Symra, Ørn, Idun Nord, Alve Nord, Berling og endra PUD for Snøhvit Future, Maria fase 2, Eldfisk Nord og Draugen/Njord kraft frå land. Departementet fekk utbyggingsplanen for Eirin-feltet i 2023 og godkjende planen i januar 2024. Hittil i 2024 har departementet fått PUD for Bestla-feltet.
Oljemarknaden
Oljemarknaden har stabilisert seg etter fleire turbulente år. Først pandemi og deretter energikrise i samband med Russlands invasjon av Ukraina utgjorde større forstyrringar av marknaden. Marknaden har deretter normalisert seg; oljeetterspørselen har henta seg inn mot normal veksttakt, og uvissa om russiske oljeleveransar har dempa seg. Det siste halvtanna året har prisrørslene i marknaden halde seg innanfor eit forholdsvis smalt og moderat band, godt støtta av eit OPEC+ som i fleire omgangar har bidratt til å balansere marknaden ved å justere produksjonsnivået mellom medlemslanda.
Oljemarknaden har på kort sikt relativt liten fleksibilitet til å tilpasse seg etterspørselen, og dersom vesentlege mengder olje forsvinn frå marknaden, kan prisane bli så høge at ein får etterspørselsdestruksjon. Sommaren 2022 var oljeprisen relativt høg og volatil som følge av stor uvisse om framtida for russisk oljeproduksjon og -eksport. Fleire analytikarar, blant dei Det internasjonale energibyrået (IEA), varsla at dei venta bortfall av svært store mengder russisk olje frå den globale marknaden på både kort og lengre sikt. Dette venta dei i hovudsak som ein konsekvens av vestlege sanksjonar retta mot russisk oljeeksport.
Russisk oljeproduksjon og -eksport har likevel halde oppe omtrent det same nivået sidan 2022, men med store skifte i handelsmønster. Dette har hatt store innverknader på korleis den globale tankarmarknaden opererer, og det har oppstått ein stor såkalla skuggeflåte, som transporterer produkt under sanksjonar. India og Kina har tatt over som dei største kjøparane av russisk olje. På lengre sikt er det framleis uvisst om Russland vil evne å halde oljeproduksjonen på eit høgt nivå.
Etterspørselen har auka mykje dei siste åra, godt støtta av gjeninnhentingseffektar etter at verda «blei ståande stille» under pandemien. Dei siste gjeninnhentingseffektane blei i all hovudsak uttømde i 2023, da Kina opna opp tidleg på året og verda i stor grad la pandemien bak seg. Enno veks oljeetterspørselen innanfor dei fleste segment og produktområde. Generell energieffektivisering, og særleg elektrifisering av bilflåten, vil venteleg ha innverknad på utviklinga av etterspørselen framover. Hittil har effekten av effektiviseringa heller vore å avgrense oppsida i veksten enn faktisk å trekke den totale etterspørselen ned. Den samla veksten i oljeetterspørselen vil venteleg framleis bli godt støtta av vekst innanfor petrokjemisk industri og luftfart i åra framover.
Om vi fordeler forventningane til etterspørselen på regionar, er dei litt meir varierte. Vekstregionane ligg særleg i Asia, med Kina og India som dei to mest vesentlege vekstdrivarane. Andre regionar ventar også større etterspørsel i åra framover, med unntak av Europa og Nord-Amerika, der utviklinga kan ha flata ut.
Usikkerheitsmoment for etterspørselsutviklinga på kort sikt er særleg knytte til den globale makroøkonomiske situasjonen. Vestlege økonomiar er godt over inflasjonstoppen, og rentenivåa har lege stabilt høgt over noko tid. Den europeiske sentralbanken vedtok det første rentekuttet sitt på forsommaren, og det er venta at den amerikanske sentralbanken vil følge etter utpå hausten. Frykta for resesjon og ei «hard landing» har dempa seg. Eit framleis heva rentenivå vil truleg ha ein dempande effekt på den økonomiske utviklinga, og det må forventast at denne effekten smittar over på veksten i oljeetterspørselen.
På tilbodssida kjem veksten i hovudsak frå Atlanterhavsbassenget, først og fremst innanfor amerikansk skiferoljeproduksjon, men også offshoreproduksjon i mellom anna Brasil og Guyana og oljesandproduksjon i Canada. Den amerikanske skiferoljerevolusjonen i det førre tiåret innførte eit nytt element i oljemarknaden, i form av ei meir fleksibel produksjonskjelde, som kunne respondere raskare på prissignal. Tidlegare har denne responsen til tider vore sterkare enn marknadsbehovet. Det har ført til overproduksjon, noko som igjen har gitt kraftige oljeprisfall, slik som i 2014. Aktivitetsindikatorar kan tyde på at responsen i skiferkomplekset no er meir dempa enn før. Så langt i år har veksten i den amerikanske oljeproduksjonen lege under tidlegare anslag, og store delar av veksten kjem no frå våtgass, og ikkje råolje.
Dette må også sjåast i samanheng med den rolla OPEC+ har spelt i marknaden sidan pandemien, da dei gjorde dei største produksjonskutta nokosinne for å støtte marknaden da etterspørselen var på sitt svakaste. Sidan har OPEC+ aktivt justert produksjonen både opp og ned for å balansere marknaden. I år har den tilgjengelege reserveproduksjonskapasiteten i OPEC+-landa vakse seg til eit høgt nivå. OPEC+ har no ein plan om å gradvis tilføre store mengder olje i marknaden frå desember og eitt år fram i tid, på det vilkåret at marknadsforholda held fram med å støtte oppunder ei slik avgjerd.
Marknadsutsiktene tyder på ein stram oljemarknad resten av inneverande år og deretter ein lausare marknad neste år. Utsiktene på noko lengre sikt er alltid svært usikre, og avheng av utviklinga i den globale økonomiske veksten, av korleis produksjonsutviklinga vidare artar seg utanfor OPEC+, av korleis strategien til OPEC+ utviklar seg, og dessutan av om samhaldet i gruppa held fram. Utviklinga i klimapolitikken kjem til å ha sterk innverknad på oljemarknaden på sikt, og kan føre til at etterspørselen når eit platå eit stykke fram i tid. Enno er det stor uvisse om dette.
Gassmarknaden
Den globale gassmarknaden er i 2024 framleis prega av ein underliggande stram marknadsbalanse med avgrensa fleksibilitet på både tilbods- og etterspørselssida. Kaldt vêr, geopolitisk uro, problem i forsyningskjeda for LNG eller røyrgass og oppsving i den asiatiske LNG-etterspørselen er faktorar som kan bidra til svingingar i gassprisen på kort og mellomlang sikt. Dei globale gassprisane er forventa å svinge med den globale forsyningsbalansen: På kort sikt er det venta at prisvolatiliteten vil halde fram, noko som blir forsterka av geopolitiske spenningar, ettersom den globale LNG-marknaden venteleg vil vere stram fram mot 2026 fordi det er avgrensa tilgang på ny LNG i marknaden i dette tidsrommet.
Gassmarknaden er i dag global, og prisen for gass transportert på skip (LNG) bidrar til prisutjamning mellom importområda. Europa utgjer ein avgrensa del av gassmarknaden i verda, men har låg eigenproduksjon og er avhengig av import. Europa er såleis i stor grad avhengig av import av LNG for å få dekt forbruket sitt gjennom året. Prisen på gass i den europeiske marknaden blir derfor sett i den globale marknaden, og Europa er i større grad eksponert for forstyrringar i den globale LNG-verdikjeda og konkurranse frå andre LNG-importerande regionar, primært Asia.
Den europeiske energisituasjonen har betra seg vesentleg sidan energikrisa i 2022 og 2023. Sjølv om europeiske gassprisar i 2024 er omkring 80 prosent lågare enn dei rekordhøge gassprisane i 2022, er prisane likevel høge i eit historisk perspektiv. Gassprisen på TTF, Europas største gassbørs, var i snitt 9,4 USD/MMBtu i første halvår 2024.
I Europa har krevjande gass- og straumprisar, betre tilgang på utsleppsfri kraft og dessutan periodar med mildvêr gitt lågare kraft- og gassetterspørsel. Lågare etterspørsel og godt fylte gasslager ved utgangen av førre vinter har gitt lågare LNG-etterspørsel i Europa. Den asiatiske LNG-etterspørselen har auka i 2024 og støttar opp under den globale gassprisen.
Det har skjedd store omveltingar i gassmarknaden dei siste åra. I 2023 var russiske gassleveransar til EU og Storbritannia nesten 90 prosent, eller 146 mrd. Sm3, lågare enn i 2019, som var det siste «normalåret» i gassmarknaden før pandemien og energikrisa. Samtidig var EU og Storbritannias eigenproduksjon av gass 25 prosent, eller 24 mrd. Sm3, lågare enn i 2019. Bortfallet av russisk gass i den globale gassmarknaden er ikkje fullt ut erstatta, da det ikkje har komme tilstrekkeleg ny gass i marknaden. I Europa er mykje av den russiske gassen erstatta med auka LNG-import, spesielt frå USA. Noreg er den største produsenten og einaste nettoeksportøren av gass i Europa, og står for nesten 30 prosent av gasstilbodet i EU og Storbritannia. Det blir importert røyrgass frå Aserbajdsjan og Nord-Afrika. EU får framleis noko røyrgass frå Russland gjennom Tyrkia og Ukraina, men ved utgangen av 2024 går transittavtalen mellom Ukraina og Russland ut, og det er usikkert om avtalen blir forlengd.
Gasslagera i Europa var historisk høge gjennom vinteren 2023/2024, mellom anna som følge av unormalt mildt vêr. Ved inngangen til april, som markerer slutten på vintersesongen og starten på perioden for å injisere gass i gasslagera, var gasslagera nesten 60 prosent fulle. Til liks med fjoråret har EU eit mål om 90 prosent lagerfylling innan 1. november. Dette målet blei nådd allereie i august i år.
LNG-importerande utviklingsland var hardt ramma av dei høge gassprisane i 2022. Lågare globale gassprisar på slutten av 2023 og 2024 har bidratt til aukande interesse frå prissensitive asiatiske kjøparar, og LNG-importen til framveksande asiatiske økonomiar, inkludert Kina, er stor så langt i 2024 samanlikna med dei siste to åra. Samtidig har LNG-importen til Europa falle. Han er no på det lågaste nivået sidan starten av 2022 som følge av dempa etterspørsel og tilstrekkeleg tilgang på røyrgass frå særleg Noreg. Den globale gassmarknaden er prega av ein stram marknadsbalanse, da veksten i ny LNG er avgrensa fram til 2026. Tilbodsforstyrringar ved sentrale LNG-anlegg det siste året, i hovudsak i USA og Australia, har bidratt til volatile globale prisar.
Gassetterspørselen i Europa har vore fallande sidan 2021, og er i 2024 mykje lågare enn før energikrisa. Mellom 2021 og 2023 fall etterspørselen i EU og Storbritannia med 20 prosent, tilsvarande meir enn 90 mrd. Sm3. Ifølge Oxford Institute for Energy Studies var gassetterspørselen i 2023 totalt 395 mrd. Sm3. Dei to siste vintrane har vore rekordvarme i Europa. Det har gitt lågare etterspørsel etter gass til oppvarming av bustader og næringsbygg. Trass i lågare prisar har ikkje industrietterspørselen tatt seg særleg opp, men i midten av 2024 begynte han å vise teikn til betring. Størst har nedgangen i gassetterspørselen vore i kraftsektoren, der lågare kraftetterspørsel som følge av høge prisar og særleg auka utsleppsfri fornybar kraftproduksjon og kjernekraft har redusert gassetterspørselen.
Kommersiell CO2-lagring
CO2-handtering omfattar både fangst, transport, bruk og lagring av CO2. Regjeringa har ein brei politikk for å fremme CO2-handtering som eit klimatiltak som kan bidra til at temperaturmålet i Parisavtalen blir nådd. I Prop. 97 S (2022–2023) omtalte regjeringa arbeidet myndigheitene gjer med tildeling av lagringsareal, og reguleringsregimet rundt dette. Departementets arbeid med CO2-handtering er også omtalt under programkategori 18.30.
Storskala CO2-lagring på kontinentalsokkelen er i oppstartsfasen. Det er eitt prosjekt under utbygging, det statsstøtta Northern Lights, transport- og lagerprosjektet som er ein del av Langskip, som er nærmare omtalt under programkategori 18.30.
Det er utlyst areal for storskala, kommersiell CO2-lagring under lagringsforskrifta i totalt sju omgangar. Seks av desse er gjennomførte, medan den sjuande er i gang. Det er tildelt totalt elleve løyve etter lagringsforskrifta. Fire av desse er nye leiteløyve som er tilbydde hittil i 2024.
Forvaltning av havbotnmineralressursar
Moglegheita for økonomisk lønnsam utvinning av havbotnmineral kan føre til ei ny og viktig havnæring for Noreg og samtidig bidra til å sikre forsyninga av viktige metall i framtida. Det er eit aukande globalt behov for utvinning av mineral for å sikre tilgangen på nødvendige metall. Sirkulærøkonomien vil også vere viktig for å møte etterspørselen etter metall på ein berekraftig måte, men vil ikkje vere tilstrekkeleg. Havbotnmineral kan derfor bli ei ny kjelde til viktige metall som verda vil trenge framover.
Ein føresetnad for slik utvinning er at ressursane kan vinnast ut på ein lønnsam, berekraftig og forsvarleg måte. Det er gjennomført ein opningsprosess for mineralverksemd på havbotnen i samsvar med havbotnminerallova, inkludert ei konsekvensutgreiing med høyringar. Konsekvensutgreiinga som er gjennomført, gjer greie for identifiserte påverknader knytte til leiting, utvinning og avslutning av verksemda til havs.
Regjeringa la fram Meld. St. 25 (2022–2023) Mineralverksemd på norsk kontinentalsokkel – opning av areal og strategi for forvaltning av ressursane i juni 2023. Stortinget behandla meldinga, jf. Innst. 162 S (2023–2024), og slutta seg til forslaget om opningsareal og strategien for forvaltning av ressursane med nokre justeringar. Kongen i statsråd avgjorde, på dette grunnlaget, formelt å opne eit område i Norskehavet og Grønlandshavet for mineralverksemd 12. april 2024.
Neste skritt er å gjennomføre første konsesjonsrunde for havbotnmineral og å halde fram den statlege kartlegginga knytt til havbotnmineralressursane. Første konsesjonsrunde blei send på høyring 26. juni 2024 med høyringsfrist 26. september 2024. Planen er å tildele løyve i konsesjonsrunden i løpet av første halvår 2025. Relevante forskrifter under havbotnminerallova skal fastsettast.
Hovudmål
Petroleum
Hovudmålet for petroleumspolitikken er å legge til rette for lønnsam produksjon av olje og gass i eit langsiktig perspektiv. Ressursforvaltninga skal gi Noreg inntekter og bidra til å sikre sysselsetting og velferd for noverande og framtidige generasjonar.
Aktiviteten i petroleumsverksemda bidrar til vidareutvikling av norsk leverandørindustri, noko som gir store lokale, regionale og nasjonale ringverknader i den norske fastlandsøkonomien. Ein høgkompetent leverandørindustri legg også til rette for at norskbasert industri skal kunne lykkast i å skape verdiar og arbeidsplassar i den globale energiomlegginga.
Vidareutviklinga av petroleumssektoren vil bidra til å styrke norsk næringsliv og den industrielle utviklinga i landet. I forvaltninga skal det takast nødvendige omsyn til det ytre miljøet, distriktspolitiske interesser og anna verksemd. Regjeringa vil derfor legge vekt på at petroleumsverksemda er basert på verdsleiande teknologi – som også tar tungtvegande omsyn til helse, miljø og sikkerheit, og at verksemda framleis skjer i sameksistens med andre næringar.
Regjeringa vil halde fram med å utvikle petroleumspolitikken og legge til rette for at norsk kontinentalsokkel framleis skal vere ein stabil og langsiktig leverandør av olje og gass til Europa og verda.
Norsk petroleumsnæring er ei høgkompetent og teknologitung næring. Regjeringa vil legge til rette for eit stabilt aktivitetsnivå på norsk kontinentalsokkel med vekt på olje- og gassverksemd, men også med større innslag av andre havnæringar.
Regjeringa vil føre vidare konsesjonssystemet. Det skal framleis givast løyve til å leite etter olje og gass gjennom den årlege konsesjonsrunden med tildeling i førehandsdefinerte område (TFO). Alle konsesjonsrundar skal gjennomførast innanfor rammene i forvaltningsplanane for norske havområde.
Norsk petroleumsverksemd har i fleire tiår vore underlagd streng verkemiddelbruk for å drive effektivt og med låge utslepp. Norsk olje- og gassutvinning har allereie svært låge gjennomsnittlege utslepp i ein global samanheng. Dei samla utsleppa er på veg ned og var om lag 24 prosent lågare i 2023 enn i 2015. Hovudverkemidla for å kutte utslepp vil framleis vere EUs kvotesystem (EU ETS) og CO2-avgifta. Dette gjer at selskapa kontinuerleg har eigeninteresse av å redusere utsleppa sine. Regjeringa skal i samarbeid med næringa jobbe for at utsleppa frå olje- og gassproduksjonen blir reduserte ytterlegare. Status for arbeidet med å redusere utsleppa frå petroleumsproduksjonen er omtalt i kapittel 11.1 i del III av proposisjonen.
Hovudmålet til Sokkeldirektoratet er å bidra til størst moglege verdiar for samfunnet frå olje- og gassverksemda på norsk kontinentalsokkel. Dette skal gjerast gjennom ei effektiv og forsvarleg ressursforvaltning, der det blir teke omsyn til helse, miljø, sikkerheit, utslepp av klimagassar og andre brukarar av havet.
Gassco AS skal som nøytral operatør for det norske gasstransportsystemet bidra til maksimal verdiskaping frå gassressursane på norsk kontinentalsokkel gjennom sikker og effektiv drift og heilskapleg utvikling av gassrøyrleidningssystemet på norsk kontinentalsokkel. Som særskild operatør har Gassco oppgåver knytte til systemdrift, kapasitetsadministrasjon og infrastrukturutvikling. Som alminneleg operatør på vegne av eigarane har dei ansvar for styring av prosessanlegg, røyrleidningar, plattformer og gassterminalar i samsvar med lovgivinga.
Kommersiell CO2-lagring
Hovudmålet for forvaltninga av undersjøiske reservoar på kontinentalsokkelen til lagring av CO2 er å bidra til berekraftig energi- og industriproduksjon, ved å legge til rette for utnytting av undersjøiske reservoar på kontinentalsokkelen til miljøsikker lagring av CO2 som eit tiltak for å motverke klimaendringar.
Regjeringa vil legge til rette for kommersiell CO2-lagring på norsk kontinentalsokkel gjennom å tildele lagringsareal til selskap med konkrete industrielle planar som gjer at dei har lagringsbehov.
Tildeling av areal som kan brukast til CO2-lagring, er ein føresetnad for karbonfangst og -lagring. «Open dør»-politikken blir vidareført. Permanent CO2-lagring er eit klimatiltak som kan bidra til at temperaturmålet i Parisavtalen blir nådd, ved at store utsleppspunkt blir fjerna globalt. Storskala CO2-lagring på norsk kontinentalsokkel på kommersielle vilkår vil venteleg vere basert på utslepp som i dag skjer i andre europeiske land.
Sokkeldirektoratet har som del av sitt hovudmål å bidra vidare til forvaltninga av CO2-lagringspotensialet på kontinentalsokkelen for å legge til rette for reduserte utslepp av klimagassar.
Forvaltning av havbotnmineralressursar
Noreg vil ha ei stegvis, forsvarleg og kunnskapsbasert utvikling av mineralverksemda på norsk kontinentalsokkel. Omsynet til miljø og sikkerheit skal varetakast i alle fasar av verksemda.
Hovudmålet for forvaltninga av norske havbotnmineralressursar er å legge til rette for undersøking og utvinning av mineralførekomstar på kontinentalsokkelen i samsvar med samfunnsmessige målsettingar, slik at omsynet til verdiskaping, miljø, sikkerheit ved verksemda, anna næringsverksemd og andre interesser blir varetatt.
Det er eit aukande globalt behov for utvinning av mineral for å sikre tilgangen på nødvendige metall. Havbotnmineral kan derfor bli ei ny kjelde til viktige metall som verda vil trenge framover. Norske ressursar kan bli ei kjelde til ny utvinning av mineral i vesten.
Sokkeldirektoratet har som del av sitt hovudmål å bidra vidare til forvaltninga av havbotnmineralressursar på norsk kontinentalsokkel.
Energidepartementets mål og oppgåver
Petroleum
Energidepartementet skal legge til rette for ein samordna og heilskapleg petroleumspolitikk som er basert på fakta og kunnskap, slik at ein oppnår hovudmålet for politikken. Eit overordna mål er å sikre høg verdiskaping gjennom effektiv og forsvarleg forvaltning av ressursane på sokkelen. Norsk petroleumsindustri skal framleis vere leiande innanfor helse, miljø og sikkerheit.
Forvaltningsansvaret for helse-, miljø- og sikkerheitsregelverket og etatsstyringsansvaret for Havindustritilsynet er overført frå Arbeids- og inkluderingsdepartementet til Energidepartementet. Energidepartementet har, som følge av dette, ansvaret for forvaltninga av arbeidsmiljø, sikkerheit, beredskap og sikring i petroleumsverksemda og i tilknyting til anna industriverksemd til havs. Sjå omtale under programkategori 18.60 Sikkerheit og arbeidsmiljø.
Departementet skal vere ein ressursforvaltar med eit langsiktig perspektiv og legge til rette for lønnsam produksjon av olje og gass, mellom anna gjennom føreseielege rammevilkår for næringa.
Det er oljeselskapa som har ansvaret for og utøver den operasjonelle aktiviteten innanfor leiting, utbygging og drift på norsk kontinentalsokkel. Sentralt for å nå måla i petroleumspolitikken er derfor rettshavarar som hentar ut alle lønnsame ressursar i porteføljen sin på ein sikker og effektiv måte. Departementet vil føre vidare arbeidet med å ha eit effektivt og heilskapleg rammeverk som er basert på kunnskap og fakta, og som legg til rette for at avgjerdene til oljeselskapa også er gode for staten som ressurseigar.
Departementet arbeider med å vidareutvikle og oppretthalde ein heilskapleg og effektiv petroleumspolitikk forankra i Stortinget. Verkemidla for å nå hovudmålet i politikken er å
halde fram med å utvikle petroleumspolitikken for å legge til rette for at norsk kontinentalsokkel framleis skal vere ein stabil og langsiktig leverandør av olje og gass til Europa i ei krevjande tid
føre vidare konsesjonssystemet og framleis gi løyve til å leite etter olje og gass i nye område. Nye utvinningsløyve skal hovudsakleg tildelast i førehandsdefinerte område for at næringa skal ha føreseieleg tilgang på leiteareal
legge til rette for eit stabilt aktivitetsnivå i olje- og gassverksemda på norsk kontinentalsokkel, med større innslag av næringar knytte til karbonfangst og -lagring, hydrogen, havvind, havbruk og mineral.
Andre verkemiddel for å oppnå kostnadseffektiv, lønnsam produksjon med låge utslepp, for slik å ha ei framtidsretta og konkurransedyktig petroleumsnæring og for å føre vidare god samhandling med andre brukarar av havet, skal førast vidare. Denne petroleumspolitikken skal
legge til rette for at potensialet i eksisterande felt og infrastruktur blir utnytta
legge til rette for at alle lønnsame funn blir bygde ut
For staten som ressurseigar er det viktig å ha best mogleg oversikt over naturressursane i nasjonen. Departementet vil halde fram med å kartlegge petroleumsressursane på norsk kontinentalsokkel, også i område som ikkje er opna for petroleumsverksemd.
Tilgang på nye leiteområde er nødvendig for å gjere nye funn og halde oppe verdiskaping, sysselsetting og statlege inntekter på lang sikt. Departementet vil føre vidare dagens praksis med jamlege konsesjonsrundar for å gi næringa tilgang på nye prospektive leiteareal. Dei årlege konsesjonsrundane i førehandsdefinerte område (TFO) er berebjelken i leitepolitikken. Desse områda omfattar størstedelen av dei opne, tilgjengelege områda, og det er der det i størst grad er leiteaktivitet i dag. Årets konsesjonsrunde i førehandsdefinerte område (TFO 2024) er i gang. I samband med TFO 2024 er TFO-arealet utvida med 37 blokker – 34 i Barentshavet og 3 i Norskehavet. I samsvar med etablert praksis tar ein sikte på tildeling i januar 2025.
Departementet vil følge opp leiteaktiviteten til rettshavarane under tildelte utvinningsløyve.
Enkelte utvinningsløyve som blei tildelte i andre konsesjonsrunde (1969–1971), inneheld vilkår som sikrar staten ein bestemt del av nettooverskotet rettshavarane får frå verksemda i løyvet (netto-overskotsordninga). Statens del av nettooverskotet kjem i tillegg til skattar og avgifter. Netto-overskotsordninga var ein forløpar til ordninga med direkte statsdeltaking i petroleumsverksemda (SDØE), som har vore den føretrekte forma for statsdeltaking sidan 1973. I løyve som fell inn under netto-overskotsordninga, har ikkje staten noka plikt til å gjere investeringar i verksemda, men heller ikkje nokon rett eller noka plikt til å delta aktivt i rettshavargruppa. Med SDØE er det etablert ei ordning som gir staten høve til å følge opp eigarinteressene sine i utvinningsløyve på ein transparent og konsistent måte. I saker som gjeld forlenging av konsesjonstida for utvinningsløyve som fell inn under netto-overskotsordninga, vil departementet framover vurdere å stille som vilkår for å få forlengd konsesjonstid at statens rett til ein del av nettooverskotet skal erstattast av ein SDØE-del i løyvet. Ei slik eventuell konvertering skal vere verdinøytral for staten og rettshavarane. Etter konvertering vil det vere aktuelt å avhende dei SDØE-andelane staten tar. Avhendinga vil det i så fall vere Nærings- og fiskeridepartementet som står for, innanfor etablerte fullmakter frå Stortinget.
Departementet vil gjennomføre ei grundig behandling av planar for utbygging, anlegg og drift og dessutan avslutningsplanar som blir lagde fram av rettshavarane. Departementet har dialog med rettshavarane også i forkant av at dei leverer inn planane for utbygging og drift (PUD). I oppfølginga og behandlinga av desse vil departementet rette særleg merksemd mot tidsriktig utbygging og innfasing av påviste ressursar. Departementet vil halde fram med å gi Stortinget informasjon om prosjekt under utbygging som har godkjend PUD, jf. kapittel 5 Prosjekt under utbygging på norsk kontinentalsokkel, i del III av proposisjonen.
Tidleg i 1990-åra starta også utbygging av mindre satellittfelt. Ved behandling av St.prp. nr. 83 (1991–92) konstaterte komiteen at det var behov for «… en forenklet saksbehandling for små og kurante utbyggingssaker på sokkelen, særlig når sakene knyttes opp til utnyttelse av eksisterende infrastruktur», og at «… en forenklet myndighetsbehandling av slike saker kan best skje gjennom en fullmaktsordning fra Stortinget til regjeringen», jf. St.prp. nr. 1 (1992–93) for Olje- og energidepartementet. Formålet med fullmakta er å forenkla prosessen ved utbyggingsprosjekt som ikkje har prinsipielle eller samfunnsmessige sider av betydning, har akseptabel samfunnsøkonomisk lønnsemd og er rimeleg robust mot endringar i prisutviklinga for olje og naturgass. Ei grense for investeringar på 5 mrd. kroner var eit av kriteria for at regjeringa kunne bruke fullmakta. Beløpsgrensa skulle altså bidra til å skape eit skilje mellom nye, sjølvstendige utbyggingsprosjekt av særleg betydning og mindre, enklare utbyggingar.
Dei siste åra har ein sett utbygging av fleire små førekomstar i samanheng for å redusere investeringskostnadene gjennom å utnytte skalaeffektar. Slike utbyggingar har delvis falle inn under same eller fleire utbyggingsplanar, avhengig av eigarskapen til førekomstane. Om slike utbyggingar leverer ein samla utbyggingsplan for fleire førekomstar, vil investeringane i planen vere summen av investeringane for dei ulike førekomstane. Om utbyggingane skjer kvar for seg, eller om ulike grupper av rettshavarar leverer kvar sin utbyggingsplan, vil investeringane berre omfatte dei som er knytte til den enkelte utbygginga.
Framfeltet er ei undervassutbygging som er kopla opp mot Trollfeltet. Det blir no planlagt ei samla utbygging av fleire førekomstar nær feltet, men hovudsakleg innanfor det same utvinningsløyvet (Fram Sør-prosjektet). Desse vil bli bygde ut ved at ein koplar seg på undervassinnretningane på Framfeltet. Investeringsavgjerda og innsendinga av søknaden om godkjenning av utbyggingsplanen er planlagde i første halvår 2025. Som følge av at førekomstane blir bygde ut samla under éin utbyggingsplan, er dei anslåtte investeringane over 20 mrd. kroner, altså vesentleg over grensa for det Energidepartementet har fullmakt til å godkjenne på norsk kontinentalsokkel i dag (15 mrd. kroner). Hadde ein levert éin utbyggingsplan for kvar førekomst, ville dei einskilda prosjekta vore under fullmaktsgrensa. Slik departementet oppfattar intensjonen i fullmakta, skal investeringane i den samordna Fram Sør-utbygginga vurderast førekomst for førekomst opp mot fullmakta, jf. forslag til vedtak VI, og departementet legg ei slik forståing til grunn.
Departementet vil følge opp drifta av felta, og mellom anna behandle relevante søknader, for å bidra til effektiv ressursutnytting.
Infrastrukturen på norsk kontinentalsokkel, under dette gasstransportsystemet, skal brukast effektivt og utviklast heilskapleg slik at ein legg til rette for god ressursforvaltning. Store delar av løyva i gasstransportinteressentskapet Gassled har ei konsesjonstid som går ut i 2028. Staten tar sikte på å nytte seg av heimfallsretten ved utløpet av konsesjonstida, og ønsker ein heilstatleg eigarskap for dei sentrale delane av gasstransportsystemet, jf. Prop. 1 S (2023–2024) for daverande Olje- og energidepartementet. Etter ønske frå fleire av dagens private rettshavarar har ein arbeidd med moglegheitene for at staten kan ta over før konsesjonstida går ut i 2028.
Departementet sende i sommar, med atterhald om seinare samtykke frå Stortinget, tilbod om å kjøpe eigardelane deira i sentral gassinfrastruktur, med 1. januar 2024 som effektiv dato. Tilbodet reflekterer forventa framtidige tariffinntekter og skal vere økonomisk nøytralt for staten. Departementet har fått aksept frå ein del eigarar i kvar av dei tre interessentskapa Gassled, Nyhamna og Polarled. Andre eigarar synest statens tilbod er for lågt til at dei vil akseptere ei overdraging no. Hausten 2024 vil ein arbeide med å fullføre transaksjonar med dei selskapa som har akseptert tilbodet. Departementet legg opp til å omtale transaksjonane og nødvendige fullmakter nærmare i nysaldert budsjett i haust.
Departementet vil støtte opp under arbeidet næringa gjer med å auke verdiskapinga gjennom effektivisering, digitalisering og innovasjon.
Departementet vil føre vidare arbeidet med økonomiske analysar av norsk petroleumsverksemd og mellom anna bidra med anslag til nasjonalbudsjettet og utsleppsframskrivingar og følge marknadsutviklinga for olje og gass.
Departementet vil gjennom styringsdialogen følge opp Sokkeldirektoratets arbeid med ei effektiv og forsvarleg ressursforvaltning.
Staten eig 100 prosent av aksjane i Gassco AS, som er operatør for gasstransportsystemet på norsk kontinentalsokkel. Departementet vil bidra til at Gassco er ein effektiv og nøytral operatør for gasstransportsystemet.
Departementet vil føre vidare arbeidet som sekretariat for Petroleumsprisrådet og for implementeringa av Extractive Industries Transparency Initiative (EITI) i Noreg.
Kommersiell CO2-lagring
Energidepartementet skal legge til rette for ein samordna og heilskapleg politikk for storskala CO2-lagring på kontinentalsokkelen som er basert på fakta og kunnskap, slik at ein når hovudmålet for politikken.
Departementet skal, gjennom å legge til rette for utnytting av undersjøiske reservoar på kontinentalsokkelen til lagring av CO2, bidra til berekraftig energi- og industriproduksjon i inn- og utland. Miljøsikker lagring av CO2 kan bli eit tiltak for å redusere utslepp og motverke klimaendringar.
Departementet vil legge til rette for kommersiell CO2-lagring på norsk kontinentalsokkel ved å behandle søknader frå industrielle aktørar om CO2-lagring under lagringsforskrifta.
Industrielle aktørar arbeider med å utvikle transportrøyr for CO2 frå Europa til Noreg. Departementet vil legge til rette for at slike prosjekt kan realiserast, ut frå omsynet til samfunnsøkonomisk lønnsam lagring av CO2 på norsk kontinentalsokkel.
Departementet vil følge opp aktiviteten til rettshavarane under tildelte utnyttingsløyve.
Departementet vil følge opp aktiviteten til rettshavarane under tildelte leiteløyve.
Forvaltning av havbotnmineralressursar
Energidepartementet skal legge til rette for undersøking og utvinning av mineralførekomstar på kontinentalsokkelen i samsvar med samfunnsmessige målsettingar, slik at ein varetar omsynet til verdiskaping, miljø og sikkerheit ved slik verksemd, anna næringsverksemd og andre interesser.
Departementet vil følge opp strategien for utvikling av ei havbotnmineralnæring, jf. Meld. St. 25 (2022–2023) og Innst. 162 S (2023–2024). Dette inkluderer å starte ein prosess med å tildele løyve etter havbotnminerallova. Departementet vil legge ei stegvis og kunnskapsbasert tilnærming til grunn for tildeling av utvinningsløyve. Departementet arbeider også med å fastsette relevante forskrifter under havbotnminerallova.
Energidepartementets resultat for 2023
Departementet bidrog gjennom arbeidet sitt i 2023 til å legge til rette for effektiv forvaltning av petroleumsressursane i eit langsiktig perspektiv. Arbeidet har gått for seg i nært samarbeid med Sokkeldirektoratet og Gassco AS innanfor ansvarsområda til direktoratet og selskapet.
Ein stor del av ressursbasen er enno ikkje påvist. Ein føresetnad for å realisere dei store verdiane i ressursbasen er derfor at næringa får tilgang til nytt attraktivt leiteareal. Departementet har, i tråd med etablert politikk, arbeidd med konsesjonsrundar i 2023. I TFO 2022 blei det i februar 2023 tildelt 47 nye utvinningsløyve til 25 selskap. Staten beheldt andelar i nye utvinningsløyve i TFO 2022 i samsvar med etablert politikk. TFO 2023 blei kunngjord i mai 2023. Departementet fekk også behandla søknadene som kom inn i runden i 2023.
Departementet har følgt opp leiteverksemda til selskapa i tråd med gjeldande petroleumspolitikk.
Ein del av ressursbasen ligg i påviste, ikkje-utbygde funn. Rettshavarar som vil bygge ut eit funn, må få godkjent ein plan for utbygging og drift (PUD) frå departementet. Departementet har, innanfor ansvarsområdet sitt, følgt opp tidlegarbeidet til selskapa knytt til moglege framtidige feltutbyggingar. Departementet har i 2023 godkjent PUD av felta Yggdrasil, Fenris/Valhall PWP, Halten Øst, Berling, Alve Nord, Idun Nord, Ørn, Dvalin Nord, Verdande, Irpa, Tyrving og Symra.
Ein annan del av ressursbasen er knytt til auka utvinning frå eksisterande felt. Departementet har, innanfor ansvarsområdet sitt, følgt opp tidlegarbeidet til selskapa knytt til vidareutviklingsprosjekt. I samband med dette har departementet i 2023 godkjent endra PUD for Snøhvit Future, Draugen/Njord kraft frå land og Maria fase 2.
Enno finst det store ressursar som venteleg vil bli produserte framover under allereie godkjende utbyggingar. Departementet har følgt opp arbeidet i dei ulike rettshavargruppene med felt i drift i nært samarbeid med Sokkeldirektoratet.
Departementet har gitt årlege produksjonsløyve for høvesvis gass og væske, inkludert løyve til fakling, ut frå sikkerheitsomsyn.
Eksisterande infrastruktur er eit viktig verkemiddel for å nå god samla ressursutnytting på kontinentalsokkelen. For å sikre effektiv bruk av infrastruktur regulerer departementet tilgangen til røyrleidningar, anlegg på land og feltinfrastruktur på norsk kontinentalsokkel. Store delar av løyva i gasstransportinteressentskapet Gassled har ei konsesjonstid som går ut i 2028. Staten har heimfallsrett ved utløpet av konsesjonstida. Departementet sende våren 2023 brev til relevante rettshavarar der det blei signalisert at staten tar sikte på å nytte seg av heimfallsretten og ønsker ein heilstatleg eigarskap for dei sentrale delane av det norske gasstransportsystemet. Departementet starta i 2023 sonderingar med dagens rettshavarar om moglegheitene for dette, og har arbeidd vidare med vurderingar knytte til eigarskap og organisering av gasstransportverksemda.
Departementet fekk i 2023 utarbeid rapporten Vurdering av gasstransportalternativ fra Barentshavet sør frå Gassco.
I januar 2023 skreiv Noreg og Tyskland under på ei fråsegn om hydrogensamarbeid. Departementet fekk som oppfølging av dette utarbeidd rapporten German-Norwegian Energy Cooperation Joint Feasibility Study – Hydrogen value chain summary report frå Gassco i 2023. Gassco utarbeidde rapporten i samarbeid med Deutsche Energie-Agentur (dena).
Departementet har behandla ei rekke søknader om samtykke til overdraging av deltakarandelar mellom ulike selskap og om endringar i eigarskapen til ulike rettshavarar innanfor petroleumsverksemda på norsk kontinentalsokkel.
Departementet har ført vidare arbeidet med økonomiske analysar av norsk petroleumsverksemd, mellom anna anslag til nasjonalbudsjettet.
Som sekretariat for Petroleumsprisrådet har departementet utarbeidd nødvendig avgjerdsmateriale for fastsetting av skattereferanseprisar (normprisar) for olje.
Departementet er ansvarleg for implementering av gjeldande standardar under Extractive Industries Transparency Initiative (EITI) og har jobba med rapportering og publisering i tråd med krava.
Departementet har deltatt i ulike internasjonale energiorganisasjonar og -forum, som International Energy Agency (IEA), International Energy Forum (IEF) og Net-Zero Producers Forum (NPF). I tillegg har departementet hatt dialog og bilaterale møte med ei rekke sentrale energinasjonar. Observatørstatusen i Gas Exporting Countries Forum har ikkje blitt vidareført.
Departementet har følgt prosessane for regelverksutviklinga i EU som har betydning for marknaden for naturgass og norsk gasseksport. Dette har inkludert møtedeltaking på både embetsnivå og politisk nivå, i tillegg til innspel og kommentarar til arbeid på gassområdet i Europakommisjonen.
Departementet har gjennomført etatsoppfølging av Sokkeldirektoratet.
Departementet har følgt opp eigarinteressene til staten i Gassco AS.
Departementet bidrog gjennom arbeidet sitt i 2023 til å legge til rette for utnytting av undersjøiske reservoar på kontinentalsokkelen til miljøsikker lagring av CO2 som eit tiltak for å motverke klimaendringar.
Departementet fekk søknader knytte til injeksjon og lagring av CO2 på norsk kontinentalsokkel på fleire område i 2023. Området som blei kunngjort i november 2022, blei tildelt til fire selskap fordelte på to leiteløyve i mai 2023. I januar blei det kunngjort eit område for lagring av CO2 med søknadsfrist i februar. I september blei eit leiteløyve tildelt til tre selskap.
Departementet har i 2023 følgt opp Northern Lights’ arbeid med utbyggingsprosjektet etter at PUD for fase 1 blei godkjend i 2021. Det er venta at lageret er klart for mottak av CO2 i 2024.
Departementet bidrog gjennom arbeidet sitt i 2023 til å legge til rette for undersøking og utvinning av mineralførekomstar på kontinentalsokkelen. Som del av dette har departementet gjennomført ein opningsprosess for mineralverksemd på norsk kontinentalsokkel etter havbotnminerallova. Regjeringa la fram Meld. St. 25 (2022–2023) Mineralverksemd på norsk kontinentalsokkel – opning av areal og strategi for forvaltning av ressursane i juni 2023. Basert på meldinga behandla Stortinget saka i januar 2024 og støtta hovudlinja i framlegget, inkludert det foreslåtte opningsområdet jf. Innst. 162 S (2023–2024).
Sokkeldirektoratet
Sokkeldirektoratet har ei sentral rolle i forvaltninga av olje- og gassressursane på norsk kontinentalsokkel og er eit viktig rådgivande organ for departementet innanfor petroleumsverksemda.
Direktoratet har også ei rolle innanfor nyare forvaltningsområde på kontinentalsokkelen; dette gjeld både forvaltninga av lagringspotensialet for CO2 og havbotnmineralressursane.
Sokkeldirektoratet er fagetat for arbeidet med forvaltninga av petroleumsressursar på kontinentalsokkelen og gir faglege råd i samband med vurdering, undersøking og utvinning av desse. Sokkeldirektoratet skal vere ein aktiv pådrivar for å realisere mest mogleg av ressurspotensialet på kontinentalsokkelen for på den måten å skape størst moglege verdiar for samfunnet. Direktoratet skal bidra til forsvarleg utvinning av norske petroleumsressursar.
Sokkeldirektoratet utøver forvaltningsmyndigheit i samband med tildeling av areal, leiting etter og utvinning av petroleumsførekomstar på kontinentalsokkelen. Sokkeldirektoratet er rådgivar for Energidepartementet når det gjeld vidareutvikling av reglar og rammer for ressursforvaltninga på norsk kontinentalsokkel, og har på enkelte område myndigheit til å fastsette forskrifter og gjere vedtak i samsvar med regelverket for petroleumsverksemda.
Sokkeldirektoratet har vidare eit nasjonalt ansvar for data frå kontinentalsokkelen og ei oversikts- og formidlarrolle når det gjeld data, analysar og avgjerdsgrunnlag.
Sokkeldirektoratet er fagetat når det gjeld forvaltninga av havbotnmineral, og har hatt ei viktig fagleg rolle i gjennomføringa av opningsprosessen for slik aktivitet.
Sokkeldirektoratet gir departementet faglege råd om lagring av CO2 på norsk sokkel og gir mellom anna innspel til departementet i samband med søknader om løyve etter CO2-lagringsforskrifta og planar for utbygging og drift av eit undersjøisk reservoar for injeksjon og lagring av CO2.
Sokkeldirektoratet skal følge opp at rettshavarane greier ut moglege utsleppsreduserande tiltak, og at rasjonelle tiltak blir gjennomførte innanfor den etablerte verkemiddelbruken for myndigheitene og innanfor gjeldande regelverk. Direktoratets arbeid med lagring av CO2 skal bidra til å mogleggjere reduserte utslepp av klimagassar.
Sokkeldirektoratet gir departementet faglege innspel når det gjeld forsvarleg bruk av areala på norsk kontinentalsokkel, og skal bidra til god sameksistens mellom ulike brukarar av havet. Direktoratet er engasjert i forsking og utvikling (FoU) og internasjonalt utviklingssamarbeid innanfor ansvarsområda sine.
Sokkeldirektoratet har også eit viktig oppdrag med å føre tilsyn med målingar av kor mykje olje og gass som blir produsert frå norsk kontinentalsokkel, for å sikre at nøyaktige og pålitelege målingar ligg til grunn for berekning av skattane og avgiftene til staten, og inntektene til rettshavarane i petroleumsverksemda (fiskal kvantumsmåling). Sokkeldirektoratet har hovudkontor i Stavanger og i tillegg eit kontor i Harstad. Det blei utført om lag 178 årsverk i direktoratet i 2023.
Mål
Hovudmålet til Sokkeldirektoratet er å bidra til størst moglege verdiar for samfunnet frå olje- og gassverksemda på norsk kontinentalsokkel. Dette skal gjerast gjennom ei effektiv og forsvarleg ressursforvaltning, der det blir tatt omsyn til helse, miljø, sikkerheit, utslepp av klimagassar og andre brukarar av havet. Direktoratet skal vidare bidra til forvaltninga av CO2-lagringspotensialet på kontinentalsokkelen for å legge til rette for reduserte utslepp av klimagassar og forvaltninga av norske havbotnmineralressursar.
Hovudmålet søker direktoratet å nå gjennom å arbeide for å nå utvalde delmål.
Rasjonell og heilskapleg arealforvaltning, tildeling av attraktivt leiteareal og langsiktig ressurstilgang
Sokkeldirektoratet har ansvar for å ha oversikt over petroleumsressursane på den norske kontinentalsokkelen. Direktoratet innhentar og omarbeider data sjølve, men innhentar også data frå næringa.
Sokkeldirektoratet gir faglege råd til departementet ved førebuing og gjennomføring av konsesjonsrundar og bidrar til oppfølging av leiteaktiviteten i tildelte utvinningsløyve.
Vidare bidrar Sokkeldirektoratet til at areala på norsk kontinentalsokkel blir forvalta slik at den samla verdiskapinga blir høg, og at det blir sikra god sameksistens mellom etablerte og nye næringar som gjer bruk av havet.
Arbeid for samfunnsøkonomisk lønnsam utvinning av petroleum gjennom forsvarleg og effektiv leiting, utbygging og drift
Sokkeldirektoratet skal vere ein pådrivar for å sikre at moglegheiter for langsiktig verdiskaping blir vurderte innanfor leiting, utbygging og drift på norsk kontinentalsokkel. Direktoratet skal bidra til at aktørane som har ansvaret for leiting, utbygging, drift og disponering innanfor sektoren, arbeider aktivt for at det tildelte arealet blir utforska tidsriktig og effektivt, at funn blir bygde ut, og at tiltak for å auke utvinninga frå felt i drift blir identifiserte og gjennomførte.
Sokkeldirektoratet skal særleg følge opp auka utvinning, effektive områdeløysingar og realisering av tidskritiske ressursar.
Sokkeldirektoratet gir råd til departementet når det gjeld ulike søknader frå selskapa, og følger opp løyve i samsvar med petroleumslova og konsesjonssystemet.
Effektivt innhente, forvalte, gjere tilgjengeleg og formidle data, analysar og kunnskap om norsk kontinentalsokkel
Sokkeldirektoratet er eit nasjonalt sokkelbibliotek og samlar inn, forvaltar og gjer data og informasjon knytt til verksemda tilgjengeleg.
Sokkeldirektoratet har ansvar for å innhente og formidle analysar og kunnskap om petroleumspotensialet, mineralressursane og lagringspotensialet for CO2 på norsk kontinentalsokkel for mellom anna å bidra til attraktivitet og konkurransekraft for norsk kontinentalsokkel.
Legge til rette for undersøking og utvinning av mineralførekomstar på kontinentalsokkelen
Sokkeldirektoratet skal støtte og gi råd til departementet og legge til rette for undersøking og utvinning av mineralførekomstar på kontinentalsokkelen, mellom anna i gjennomføringa av konsesjonsrundar innanfor opningsområdet.
Legge til rette for sikker lagring av CO2
Sokkeldirektoratet skal støtte og gi råd til departementet når det gjeld arbeid innanfor injeksjon og lagring av CO2, mellom anna knytt til eventuelle utlysingar av areal og behandling av søknader om utnyttingsløyve og eventuelt tilhøyrande utbyggingsplanar.
Resultat 2023
Sokkeldirektoratet har følgt opp hovudmålet og delmåla for direktoratet slik dei er omtalte i Prop. 1 S (2022–2023) for Olje- og energidepartementet. For å nå hovudmålet sitt har direktoratet i 2023 arbeidd med ulike aktivitetar og oppgåver kategoriserte under dei nærmare spesifiserte delmåla.
I 2023 prioriterte direktoratet arbeid med å vidareutvikle ei systematisk oppfølging av aktiviteten i utvinningsløyve for å bidra til utforsking, utvikling av funn og verdiskapande aktivitet på felt i drift. Direktoratet arbeidde også særskilt med å utvikle digitale system og prosessar for å effektivisere og forbetre innsamling av data frå industri og offentlegheit og deling av data med industrien og offentlegheita.
Vidare har direktoratet utarbeidd ein rapport om gassressursar som ligg brakk, og kva tiltak som kan settast i verk for at slike ressursar kan bli utvikla. I tillegg har direktoratet arbeidd med å få på plass eit system som gir oversikt over kor store ressursar direktoratet bruker på ulike aktivitetar og oppgåver.
Rasjonell og heilskapleg arealforvaltning, tildeling av attraktivt leiteareal og langsiktig ressurstilgang
Sokkeldirektoratet har oppdatert estimata for uoppdaga petroleumsressursar på norsk kontinentalsokkel. Estimata viser at det framleis er eit betydeleg potensial for uoppdaga ressursar i alle havområda.
Det blei halde tildeling i førehandsdefinerte område (TFO). Sokkeldirektoratet gjennomførte ressursforvaltningsmessige vurderingar av søknadene. Dette danna grunnlag for forslag til departementet om nye utvinningsløyve med tilhøyrande forpliktingar.
Arbeid med å bidra til god sameksistens med andre næringar på kontinentalsokkelen er gjennomført, mellom anna gjennom ein konferanse med sameksistens som hovudtema som blei arrangert hausten 2023. Direktoratet bidrog også i etatsgruppa som identifiserte nye område som kan vere aktuelle for havvind.
Arbeid for samfunnsøkonomisk lønnsam utvinning av petroleum gjennom forsvarleg og effektiv leiting, utbygging og drift
Ved utgangen av 2023 var det over 500 aktive utvinningsløyve på norsk kontinentalsokkel. 27 rettshavarar i ulike samansetningar forvaltar desse løyva i fasane frå leiting, utbygging og drift til avslutning og fjerning. Ved utgangen av 2023 var det 79 funn med eit samla utvinnbart volum på 494 mill. Sm3 o.e. på norsk kontinentalsokkel. Det er også mange utviklingsprosjekt på felt i drift. Sokkeldirektoratet følger opp aktiviteten til rettshavarane i utvinningsløyva og legg særleg vekt på å gjere ein innsats på område der det kan vere marknadssvikt. Omfanget av oppfølginga varierer etter behov og etter kva direktoratet har kapasitet til.
Aktiviteten i alle felt i drift blir følgd opp, men med ulik innsats basert på ein prioriteringsprosess. Sokkeldirektoratet er særleg opptatt av at det blir arbeidd med tiltak for auka utvinning, at lønnsame tiltak blir vedtatt, og at dei blir gjennomførte i samsvar med planlagd framdrift. I dialog med rettshavarane stiller Sokkeldirektoratet forventningar og etterspør tiltak. For å kunne utfordre selskapa er det viktig at Sokkeldirektoratet har god kunnskap om førekomstane og om teknologi som kan nyttast for å maksimere lønnsemd og ressursuttak. For å oppnå dette har Sokkeldirektoratet kontakt med forskingsmiljø, leverandørar og rettshavarar.
I 2023 blei det gjort 14 nye funn med samla utvinnbare volum på 48,5 mill. Sm3 o.e. Sokkeldirektoratet oppsummerte status, framdrift og tidskritikalitet for alle funna i ein eigen rapport. Direktoratet følger med på framdrifta, særleg på funn med tidskritiske ressursar og funn og prosjekt der det skal takast milepælsavgjerder fram mot PUD.
Som følge av dei mellombelse endringane som blei innførte i petroleumsskatten i 2020, jobba mange prosjekt fram mot å levere ei investeringsavgjerd innan utgangen av 2022. Prosjekt som blei vedtekne i perioden 2020–2022 og fall inn under dei mellombelse skatteendringane, gir samla investeringar på om lag 440 mrd. kroner. Mange av desse olje- og gassprosjekta leverte plan for utbygging og drift heilt i slutten av 2022. Direktoratet brukte derfor mykje ressursar på å vurdere desse planane i starten av 2023. I tillegg behandla direktoratet tre planar som blei leverte inn i 2023 – ein plan for ny utbygging og to planar som inneber auka utvinning eller forlengd levetid på eksisterande felt.
Direktoratet arrangerte «kurs for næringa» for om lag hundre deltakarar. Kurset var retta mot dei som jobbar med utvinningsløyve i selskapa, og formålet var å auke kunnskapen deira om rollene og oppgåvene til myndigheitene.
Sokkeldirektoratet har utfordra rettshavarane i alle prosjekt når det gjeld god og tilstrekkeleg prosjektmodning, og gode planar for prosjektgjennomføring, fram mot investeringsavgjerd og innlevering av søknad om godkjenning av utbygginga. Saman med Havindustritilsynet heldt direktoratet eit seminar retta mot rettshavarar. Formålet var å dele erfaringar frå utbyggingsprosjekt og å informere om myndigheitene si rolle i prosjektgjennomføringsfasen.
Sokkeldirektoratet gir råd til Energidepartementet i forvaltningssaker i alle fasar. I 2023 gav direktoratet faglege råd til departementet i samband med ei rekke søknader, samtykke og godkjenningar, mellom anna rundt 80 søknader om produksjonsløyve.
Sokkeldirektoratet behandla 76 søknader om utsetting av fristar for arbeidsforpliktingar, og 62 meldingar frå operatørar til myndigheitene om avgjerder i utvinningsløyva. Det er også gitt samtykke til oppstart eller vidareføring av 10 prosjekt i løpet av 2023, mellom dei oppstart og vidareføring av kraft frå land til Gina Krog og Sleipner. Vidare behandla direktoratet rundt 35 søknader om forlenging av utvinningsløyve i 2023.
Sokkeldirektoratet bidrar i oppdateringa av forvaltningsplanane for dei norske havområda gjennom deltaking i Fagleg forum og Overvakingsgruppa. Målet med forvaltningsplanane er å legge til rette for verdiskaping og samtidig halde oppe naturmangfaldet. Ein oppdatert forvaltningsplan skal leggast fram for Stortinget i 2024.
Sokkeldirektoratet har tatt ei aktiv rolle med å sjå til at rettshavarane i utvinningsløyva jobbar godt med teknologiutvikling og -implementering. Direktoratet har utøvd pådriv i møte med næringa for at selskapa skal prioritere teknologiar som kan bidra til at dei kan finne meir, utvinne meir og redusere utslepp. Ein arena for slikt pådriv har vore forskings- og teknologimøte (FOT-møte) med operatørane i samarbeid med Noregs forskingsråd og Energidepartementet. Her har operatørane blitt utfordra konkret på teknologiar og tema som er trekte fram i Sokkeldirektoratet sin teknologistrategi. Slik direktoratet vurderer det, ser det ut til at fleire av desse teknologiane har fått større merksemd.
På Teknologidagen 2023, som direktoratet arrangerte i juni, blei aktørar i utvinningsløyve inviterte til å presentere kva erfaringar dei har hatt med å realisere nye teknologiløysingar innanfor både leiting, utbygging og drift. Teknologidagen har vore ein årleg samlingsstad for næringa der Sokkeldirektoratet legg til rette for deling av erfaringar mellom aktørane på norsk kontinentalsokkel. Emna i 2023 var knytte til innsamling av undergrunnsdata, bore- og brønnteknologi for tette formasjonar og det ein kallar neste generasjon teknologiar, som undervassdronar og «3D-printing».
Sokkeldirektoratet har vore ein aktiv bidragsytar i fleire eksterne forum som omhandlar teknologi, mellom dei OG21, CLIMIT og Porteføljestyret for petroleum i Noregs forskingsråd.
Direktoratet har gitt ressursfaglege innspel til Gassco, mellom anna i samband med arkitektvurderingar av gassinfrastruktur for Goliat, 7324/8-1 Wisting og Johan Castberg. Sokkeldirektoratet har også, saman med Havindustritilsynet, hatt tett dialog med Gassco knytt til den geopolitiske situasjonen.
Effektivt innhente, forvalte, gjere tilgjengeleg og formidle data, analysar og kunnskap om norsk kontinentalsokkel
Sokkeldirektoratet har over mange år vore ein viktig bidragsytar til utvikling av petroleumssektoren på norsk kontinentalsokkel ved å hente inn, forvalte og dele petroleumsrelaterte data. Datadeling frå Sokkeldirektoratet bidrar til betydelege årlege gevinstar for rettshavarane og operatørane på norsk kontinentalsokkel. I 2023 utarbeidde Menon Economics rapporten Verdien av Oljedirektoratets data på oppdrag frå Sokkeldirektoratet. Rapporten viser at rettshavarar og operatørar på norsk kontinentalsokkel oppnår årlege gevinstar tilsvarande 1,5 mrd. kroner i tids- og ressursinnsparingar og dessutan innovasjonar og nyskapingar knytte til data frå Sokkeldirektoratet.
Sokkeldirektoratet arbeider for å digitalisere verksemda. Prosjektet Sokkelbiblioteket 2026 er etablert mellom anna for å bygge ein ny teknologisk grunnmur, slik at direktoratet kan ta i bruk moderne teknologi til å forvalte data, ta vare på nye datatypar og etablere gode løysingar for samhandling med næringa og samfunnet. I 2023 har direktoratet mellom anna arbeidd med å flytte data over til ny teknologi, erstatte gammal teknisk infrastruktur og forenkle tekniske tilknytingar. Fleire løysingar er sette i produksjon gjennom året, mellom anna løysingar for informasjon om alle felt og funn på norsk kontinentalsokkel, fakta om transportsystem og anlegg som har med olje- og gassverksemda å gjere, og oversikt over prospekt og prospektmoglegheiter. I tillegg har direktoratet mellom anna arbeidd med å forbetre TFO-prosessen, automatisere innhenting av daglege brønndata frå norsk kontinentalsokkel og effektivisere innrapporteringa til revidert nasjonalbudsjett.
Sokkeldirektoratet har lenge arbeidd med data knytte til lagring av CO2. I 2023 har direktoratet også jobba med å hente inn, forvalte og gjere tilgjengeleg digitale og fysiske data om mineral på havbotnen og dessutan digitale data knytte til flytande havvind.
Med mindre funnstorleik og aldrande infrastruktur er det viktig at Sokkeldirektoratet har tilgjengeleg verktøy for å sikre at område blir sett i eit heilskapleg perspektiv og optimaliserte for samfunnsverdi. I 2023 samarbeidde direktoratet med AGR om å utvikle og gjere tilgjengeleg to regionale akvifermodellar for Frigg-Heimdal- og Troll-akviferane. Modellane er tatt godt imot av fleire operatørar i Nordsjøen, og blir brukte som grunnlag for avgjerder og for kalibrering av reservoarmodellar på olje- og gassfelta.
Sokkeldirektoratet innhenta data frå alle operatørane for felt og funn som del i arbeidet med å levere data og rapport til departementet med anslag for utviklinga framover i petroleumsverksemda.
Arbeidet Sokkeldirektoratet gjer med å analysere oljeprøver frå naturlege lekkasjar, har i 2023 ført til at ein har klart å påvise ein ny fungerande kjeldebergart på norsk kontinentalsokkel. Dette kan ha betydning for prospektiviteten på delar av sokkelen.
I mai deltok Sokkeldirektoratet på eit vitskapleg forskingstokt i Barentshavet saman med Universitetet i Tromsø (UiT). I løpet av toktet blei det oppdaga ein muddervulkan i Sørvestsnagsbassenget, den andre som nokon gong er oppdaga i norske område. Ein muddervulkan er eit svært godt teikn på eit fungerande petroleumssystem.
I sørlege Nordsjøen deltok Sokkeldirektoratet på eit vitskapleg forskingstokt saman med Universitetet i Bergen (UiB). Formålet var å ta prøver til geokjemisk analyse av naturlege oljeutslepp som er dokumenterte i området rundt det nyleg kunngjorde arealet for utbygging av havvind, Sørlege Nordsjø II. Fram til no har Det norsk-danske bassenget stort sett vore avskrive som petroleumsprovins. Dette blir motbevist av dei naturlege utsleppa, derfor vil arbeidet halde fram i 2024.
Legge til rette for undersøking og utvinning av mineralførekomstar på kontinentalsokkelen
Sokkeldirektoratet har gitt innspel til Energidepartementet si konsekvensutgreiing for mineralverksemd på norsk kontinentalsokkel. Direktoratet har også publisert ei ressursvurdering knytt til mineralførekomstar på norsk kontinentalsokkel. I tillegg har direktoratet bidratt med kartgenerering og faglege råd i samband med Meld. St. 25 (2022–2023) Mineralverksemd på norsk kontinentalsokkel – opning av areal og strategi for forvaltning av ressursane.
Sokkeldirektoratet har gjennom året vore involvert i tre kartleggingstokt. Tokta har både vore eigenopererte og i samarbeid med akademia. Formålet med tokta har vore å kartlegge potensialet for mineral på havbotnen på norsk kontinentalsokkel. Direktoratet har deltatt på ei rekke nasjonale og internasjonale seminar der dei har delt informasjon frå kartlegginga og ressursvurderinga.
Legge til rette for sikker lagring av CO2
Sokkeldirektoratet har følgt opp nye og eksisterande CO2-lagringsprosjekt på ansvarsområdet sitt, mellom anna Northern Lights. Direktoratet har gitt tilråding til departementet i behandlinga av søknader om tildeling av lagringsløyve. Sokkeldirektoratet har også deltatt på og halde innlegg på konferansar knytte til CO2-lagring.
Sokkeldirektoratet sitt interaktive CO2-atlas, som viser moglege CO2-deponi på norsk kontinentalsokkel, er svært etterspurt, både frå industrien og frå forskingsmiljø nasjonalt og internasjonalt.
Andre oppgåver
Sokkeldirektoratet har gjennomført grunnundersøkingar for havvindområda Sørlege Nordsjø II og Utsira Nord. Første fase av undersøkinga i Sørlege Nordsjø II blei gjord ferdig, og undersøkinga på Utsira Nord blei starta opp.
Kap. 1810 Sokkeldirektoratet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2023 | Saldert budsjett 2024 | Forslag 2025 |
01 | Driftsutgifter | 340 899 | 346 800 | 400 500 |
21 | Spesielle driftsutgifter, kan overførast | 184 697 | 102 500 | 202 000 |
23 | Oppdrags- og samarbeidsverksemd, kan overførast | 89 342 | 57 500 | 47 500 |
Sum kap. 1810 | 614 938 | 506 800 | 650 000 |
Om 2024
Ved Stortingets vedtak 21. juni 2024 blei post 21 redusert med 0,4 mill. kroner, jf. Prop. 104 S (2023–2024) og Innst. 447 S (2023–2024).
Post 01 Driftsutgifter
Departementet foreslår å løyve 400,5 mill. kroner til lønnsutgifter og andre utgifter til drift av Sokkeldirektoratet. Lønnsrelaterte utgifter utgjer omkring 65 prosent.
Forutan lønns- og prisjustering har auken frå saldert budsjett 2024 samanheng med eit forslag om å innføre ei ny sektoravgift under Sokkeldirektoratet gjeldande frå 1. juli 2025, jf. kap. 5572, post 74 Sektoravgifter under Sokkeldirektoratet. Avgifta skal dekke delar av kostnadene til Sokkeldirektoratet innanfor digitalisering og forvaltning av data frå petroleumsverksemda med tilhøyrande tenesteleveransar til næringa. Dette er fellestiltak retta mot heile petroleumsnæringa som næringa drar nytte av, og som bidrar til å forenkle og effektivisere arbeidsoppgåver i selskapa.
Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast
Departementet foreslår ei løyving på 202 mill. kroner og ei bestillingsfullmakt på 50 mill. kroner, jf. forslag til vedtak III.
Løyvinga dekker utgifter til studiar, analysar og kartlegging av kontinentalsokkelen, mellom anna petroleumsressursar og mineral på havbotnen.
Auken frå saldert budsjett 2024 har samanheng med ressurs- og miljøkartlegging i område som er opna for havbotnmineralverksemd. Løyvinga vil bli nytta til å samle inn data for å føre vidare og styrke ressurs- og miljøkartlegginga innanfor opningsområdet for havbotnmineral og kartlegging av regionale og lokale straumforhold, jf. Meld. St. 25 (2022–2023). Det er behov for meir kunnskap om ressursane og natur- og miljøforhold i djuphavet i alle delar av norsk kontinentalsokkel, og i første omgang særleg for Norskehavet og Grønlandshavet.
Løyvinga dekker også etablering av ny arkitektur, forbetring og vidareutvikling av prosessar og funksjonalitet i digitaliseringsprogrammet til direktoratet (Sokkelbiblioteket 2026).
Post 23 Oppdrags- og samarbeidsverksemd, kan overførast
Departementet foreslår ei løyving på 47,5 mill. kroner og ei fullmakt til å overskride løyvinga mot ei tilsvarande meirinntekt under kap. 4810, post 02 Oppdrags- og samarbeidsinntekter, jf. forslag til vedtak II.
Olje for utvikling (OfU) blir avslutta ved årsslutt i 2024 og erstatta av programmet Energi for utvikling (Efu) frå 2025. Sokkeldirektoratet vil få ansvar i samband med redusert fakling og metanutslepp. Det er forventa lågare aktivitet for den internasjonale oppdrags- og samarbeidsverksemda i 2025.
Løyvinga dekker også utgifter til samarbeidsprogramma Diskos og Force innanfor dataforvaltning og utvinningsteknologi.
Kap. 4810 Sokkeldirektoratet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2023 | Saldert budsjett 2024 | Forslag 2025 |
01 | Gebyrinntekter | 23 554 | 30 700 | 31 900 |
02 | Oppdrags- og samarbeidsinntekter | 89 373 | 57 500 | 47 500 |
10 | Refusjonar | 593 | 300 | |
Sum kap. 4810 | 113 520 | 88 500 | 79 400 |
Om 2024
Ved Stortingets vedtak 21. juni 2024 blei det løyvd 59,5 mill. kroner på ny post 03 Sal av undersøkingsmateriale, jf. Prop. 104 S (2023–2024) og Innst. 447 S (2023–2024).
Post 01 Gebyrinntekter
Posten omfattar gebyrinntekter frå konsesjonssøknader, undersøkings- og utvinningsløyve, seismiske undersøkingar, registreringar i Petroleumsregisteret og refusjon av tilsynsutgifter.
Post 02 Oppdrags- og samarbeidsinntekter
Posten omfattar inntekter frå oppdrags- og samarbeidsverksemda, jf. kap. 1810, post 23.
Kap. 5582 Sektoravgifter under Energidepartementet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2023 | Saldert budsjett 2024 | Forslag 2025 |
74 | Sektoravgifter under Sokkeldirektoratet | 45 000 | ||
Sum kap. 5582 | 45 000 |
Post 74 Sektoravgifter under Sokkeldirektoratet
Departementet foreslår å innføre ei ny sektoravgift under Sokkeldirektoratet gjeldande frå 1. juli 2025. Sektoravgifta skal krevjast inn av Sokkeldirektoratet frå rettshavarar som har deltakerandelar i utvinningsløyve på norsk kontinentalsokkel. Sektoravgifta skal dekke delar av kostnadene til Sokkeldirektoratet innanfor digitalisering og forvaltning av data frå petroleumsverksemda med tilhøyrande tenesteleveransar til næringa. Sektoravgifta skal også dekke delar av kostnadene ved fellestiltak retta mot heile petroleumsnæringa som næringa drar nytte av, og som bidrar til å forenkle og effektivisere arbeidsoppgåver i selskapa. Sektoravgifta skal ikkje overstige kostnadene direktoratet har til det formålet sektoravgifta skal dekke.
Sektoravgifta dekker delar av Sokkeldirektoratets faktiske kostnader som gjeld digitalisering og petroleumsdataforvaltning med tilhøyrande tenesteleveransar, jf. kap. 1810, post 01.
Satsane blir sette slik at dei samla sektoravgiftene ikkje overskrid Sokkeldirektoratets kostnader til det formålet sektoravgifta skal dekke.
Programkategori 18.20 Energi og vassressursar
Utviklingstrekk
Sikker tilgang på kraft er viktig for verdiskaping og velferd, og nødvendig for dei fleste samfunnsfunksjonar. Dei siste åra har vore prega av urolege tider i energimarknadene, med tidvis svært høge gass- og kraftprisar på kontinentet. Dette har bidratt til høge kraftprisar i Sør-Noreg. Kraftprisane har gått betydeleg ned frå dei rekordhøge nivåa i 2022.
For å sikre folks tryggleik har regjeringa ført vidare endringar i den mellombelse straumstønadsordninga for private hushald og burettslag. I juni 2023 blei det vedtatt at ordninga skal vare ut heile 2024, som ei timebasert ordning. Terskelverdien for stønad blei prisjustert frå 70 øre per kWh til 73 øre per kWh frå 1. januar 2024. Regjeringa foreslår å forlenge ordninga ut 2025, med ein terskelverdi på 75 øre per kWh. I 2023 blei det også gjort endringar i grunnrenteskatten for vasskraftverk for å legge betre til rette for at sluttbrukarane kan inngå fastprisavtalar for straum.
Kraftsituasjonen
Ved inngangen til 2024 var magasinfyllinga i Noreg samla sett under medianen. Mykje snø i Sør-Noreg gjennom vinteren gjorde at ressurssituasjonen betra seg vesentleg. Magasinfyllinga i Sør-Noreg gjennom våren var til tider over tidlegare historisk maksimumsnivå og er per september 2024 godt over historisk median. Dette har bidratt til å halde kraftprisane i Sør-Noreg på eit relativt lågt nivå.
I Nord-Noreg har ressurssituasjonen så langt i år vore betydeleg svakare enn dei førre åra, og magasinfyllinga har tidvis vore under historisk minimumsnivå. Magasinfyllinga har sidan betra seg, men er per september 2024 framleis under medianen. Trass i dette har kraftprisane halde seg på eit lågt nivå. God tilgang på vindkraft frå Nord-Sverige har bidratt til dette.
Gjennom dei siste somrane har det tidvis vore betydelege prisforskjellar mellom dei sørlege prisområda. Kraftprisane i NO2 har i snitt lege på eit høgare nivå enn i NO1 og NO5 som følge av sterkare tilknyting til kontinentet, betre reguleringsevne i vassmagasina og flaskehalsar mellom prisområda. Også i år har det vore prisforskjellar, men mindre enn det var i 2023 og 2022.
For 2024 vurderer Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) kraftoverskotet i eit år med normale vêrforhold til å vere om lag 18 TWh. I åra framover er det forventa ein sterkare vekst i forbruket av kraft, i takt med ei aukande elektrifisering av samfunnet, ny næringsverksemd med stort kraftbehov og vidare omlegging frå fossil energi til fornybar kraft.
I NVEs rapport om den kortsiktige kraftbalansen i Noreg fram mot 2028, som blei lagd fram i juni 2024, er hovudkonklusjonen at kraftbalansen i Noreg blir svakare, men at den framleis vil vere positiv dei neste åra. NVE peikar på at vekst i forbruket saman med svak vekst i produksjonen vil redusere kraftoverskotet fram mot 2028. I 2028 er forventninga eit kraftoverskot på om lag 9 TWh i eit normalår. NVE understrekar at det er større usikkerheit rundt veksten i forbruket på kort sikt enn det er rundt kraftproduksjonen.
Utviklinga av kraftsystemet
Produksjon av kraft inneber ofte krevjande avvegingar. Tilgangen til nett og avvegingar mellom verdien av ny kraftproduksjon, miljøomsyn og andre interesser vil påverke kor mykje ny kraftproduksjon som faktisk blir bygd.
Noreg har store energiressursar og god tilgang på fornybar energi. Den store delen fornybar energi gir låge utslepp av klimagassar frå energiforsyninga. Elektrisitetsproduksjonen i Noreg er i hovudsak basert på vasskraft, men vindkraft har fått ei viktigare rolle. Noreg har ein stor kraftintensiv industri, og elektrisitet blir i større grad enn i andre land nytta til oppvarming i bygg. Dei seinare åra har elektrisitet blitt tatt i bruk i nye sektorar og på nye område. I transportsektoren speler elektrisitet ei stadig viktigare rolle. Elektrifisering og utvikling av industri kan innebere at det raskt blir etablert nytt, stort forbruk i ulike delar av landet. Det er derfor viktig å legge til rette for ny kraftproduksjon, energieffektivisering og utvikling av nettet.
Utviklinga av kraftsystemet med ein større andel uregulerbar produksjon og vindkraft til havs, elektrifisering av fleire samfunnssektorar og ambisjonar om næringsutvikling basert på fornybar energi krev ei omfattande og effektiv utbygging av kraftnettet.
Våren 2023 la regjeringa fram ein handlingsplan for raskare nettutbygging og betre utnytting av nettet. Planen inneheld fleire viktige grep som skal bidra til raskare konsesjonsbehandling, meir effektiv tilknyting til straumnettet og betre utnytting av dagens nettkapasitet. Ressursane til behandling av konsesjonar er vesentleg styrkte. Departementet sende våren 2024 på høyring eit forslag om at nettselskapa skal vurdere om prosjekta er tilstrekkelig modne når dei fordeler og tildeler nettkapasitet. Bruk av modnadskriterium skal sikre at prosjekta som får nettkapasitet, er dei som blir gjennomførte. Departementet har også fått Reguleringsmyndigheita for energi (RME) si tilråding til forskriftsendringar som skal gjere det tydeleg at nettselskap i regional- og transmisjonsnettet skal halde av kapasitet til «vanleg forbruk», som hushald, mindre næringar og nødvendige samfunnsfunksjonar.
Driftssikkerheita i kraftnettet i Noreg er god. Større innfasing av uregulerbar fornybar energi, både i Noreg og i nabolanda våre, stiller større krav til kraftsystemet. Eit godt utbygd nett og ein velfungerande kraftmarknad er avgjerande for forsyningssikkerheita. Samtidig må aktørar som er heilt avhengige av trygg straumforsyning, sjølve ta ansvar for tilstrekkeleg eigenberedskap, slik at dei er førebudde ved bortfall av straum.
Straumnettet skal driftast og utviklast i tråd med samfunnsøkonomiske kriterium. Store delar av straumnettet er gammalt, og fleire anlegg nærmar seg slutten av den tekniske levetida si. I Systemutviklingsplan 2023 skriv Statnett at dei i transmisjonsnettet forventar investeringar på 100–150 mrd. kroner i nett og digitalisering dei neste ti åra. I tillegg kjem moglege investeringar i nett til havs. På lågare nettnivå er det også behov for store investeringar.
I tillegg vil nye teknologiske løysingar og bruk av smarte styringssystem kunne bidra til å styrke forsyningssikkerheita i åra framover. Tiltak som alt er i gang, bidrar til å betre forsyningssikkerheita regionalt og nasjonalt og legg i tillegg til rette for nytt forbruk og ny produksjon av fornybar kraft.
Tiltaka i straumnettet inneber store investeringar og har verknader for natur og andre samfunnsinteresser. Det er behov for å auke takten i utbygginga av nett, men det er samtidig viktig at det er dei riktige investeringane som blir gjort og at investeringane blir gjennomførte på ein kostnadseffektiv måte. Nye marknadsløysingar og ny teknologi kan bidra til at straumnettet og fleksibiliteten i systemet kan utnyttast meir effektivt. Investeringane i straumnettet blir i hovudsak finansierte gjennom nettleige og anleggsbidrag. Nettselskapa skal utforme desse slik at dei i størst mogleg grad gir signal om effektiv bruk og utvikling av nettet.
Energibruk
Energieffektivisering vil vere eit viktig bidrag til å redusere veksten i energiforbruket. Verknaden av energieffektivisering er ofte størst om vinteren, når behovet for kraft er størst og prisane er på sitt høgaste. Energieffektivisering og fleksibelt straumforbruk som reduserer forbrukstoppane, kan over tid redusere behovet for nettinvesteringar og andre tiltak for å sikre effektbalansen. Regjeringa har styrkt arbeidet med energieffektivisering betydeleg, og la hausten 2023 fram ein handlingsplan for energieffektivisering som set retninga for korleis myndigheiter og andre skal jobbe med energieffektivisering. Handlingsplanen presenterer fleire verkemiddel som vil bidra til å utløysa meir energieffektivisering, inkludert særskilde krav og målretta informasjonstiltak. Status på oppfølginga av handlingsplanen er nærmare omtalt i kapittel 8 Regjeringa si oppfølging av Energikommisjonen og Straumprisutvalet med meir, i del III av proposisjonen.
Utviklinga i energibruken blir påverka av langsiktige utviklingstrekk i samfunnet, som samansetninga av og nivået på den økonomiske veksten, energieffektivisering og utvikling av meir energieffektiv teknologi, endra busettingsmønster, befolkningsutvikling og endringar i næringsstruktur. Skattar, avgifter og direkte reguleringar på energi-, miljø- og klimaområdet vil også påverke energibruken. I tillegg svingar energibruken mellom år på grunn av temperaturvariasjonar.
Elektrifisering av energibruken er ei utvikling som pregar dei fleste land etter som eit aukande velferdsnivå og teknologiutviklinga legg til rette for bruk av straum på nye område. Elektrisitet blir tatt i bruk i stadig større omfang både i hushald, i industrien og i anna næringsliv. I åra som kjem, vil fleire sektorar i norsk økonomi erstatte bruk av fossil energi med fornybar kraft. Dette aukar behovet for elektrisitet, men fører også til meir effektiv bruk av energi.
Ifølge tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB) brukte vi om lag 217 TWh energi innanlands i 2023, noko som er ein reduksjon på 1 TWh frå 2022. Industri, transport, hushald og privat og offentleg tenesteyting stod for høvesvis 72, 54, 47 og 44 TWh. Sidan 1990 har det årlege energiforbruket innanlands auka med 17 prosent, og i perioden 2011–2022 låg det i snitt på om lag 217 TWh.
Noreg har eit mål om å forbetre energiintensiteten med 30 prosent innan 2030 samanlikna med nivået i 2015. Frå 2015 til 2023 har energiforbruket innanlands auka med 1,2 prosent. I same periode har BNP for Fastlands-Noreg auka med 22,4 prosent, noko som har gitt ei forbetring i energiintensiteten på rundt 17 prosent sidan 2015.
Kraftmarknaden
Norsk kraftforsyning blir påverka av utviklinga internasjonalt. Krigen i Ukraina og bortfallet av russiske gassleveransar har prega kraftsituasjonen sterkt dei siste åra, ikkje berre i Europa, men også i Noreg. Den vidare utviklinga i energimarknadene er framleis prega av usikkerheit. Utfasinga av fossil kraftproduksjon, teknologiutviklinga og politikken for reduksjon av klimagassutslepp gir ei gradvis omlegging av produksjon og forbruk av energi i fornybar retning. I stadig fleire land utgjer fornybare energikjelder ein aukande andel av kraftproduksjonen. Særleg er utbygginga av vindkraft og solkraft stor i landa rundt oss. Den norske kraftforsyninga er tett integrert med det europeiske kraftsystemet, og utviklinga i Europa har mykje å seie for Noreg og for verdien av norske fornybarressursar på lang sikt.
Uregulerbar kraftproduksjon, som vind- og solkraft, gir større variasjon i krafttilgangen. Noreg har eit gunstig utgangspunkt med ein stor andel fornybar og regulerbar vasskraft i kraftforsyninga og kan derfor produsere og levere kraft når behovet er størst, ein eigenskap som blir stadig viktigare i og med omstillinga som no skjer i kraftmarknadene. Forbruket av elektrisitet i samfunnet aukar som følge av større folketal og økonomisk vekst, men også som følge av ein underliggande trend mot meir digitalisering, elektrifisering og bruk av nye teknologiar som krev elektrisitet. Gradvis større avhengigheit av elektrisitet, ein aukande andel uregulerbar fornybar kraft og ei tettare samankopling av kraftmarknadene gjer tilgangen på regulerbar og fleksibel kraftproduksjon stadig viktigare.
Utanlandskablane har vore viktige for norsk forsyningssikkerheit i periodar med lågare vasskraftproduksjon enn normalt. Noreg kan i dag utveksle kapasitet med Sverige, Danmark, Tyskland, Nederland, Storbritannia, Finland og Russland. Linja til Russland er for tida ikkje i drift. I 2021 fekk Noreg ei sterkare kopling til utlandet gjennom nye kablar til Tyskland og Storbritannia. Desse kablane har ein samla kapasitet på 2 800 MW. På grunn av flaskehalsar internt i Tyskland og handteringa av desse er det i periodar avgrensa eksportkapasitet på kabelen mellom Noreg og Tyskland. Tett tilknyting til utlandet gjer også at det norske kraftsystemet blir påverka av hendingar i energisystema rundt oss. Regjeringa vil ikkje godkjenne nye kablar til utlandet i denne stortingsperioden.
Ein føresetnad for å nå ambisjonane på energi- og klimaområdet er tilgang på kraft og eit velfungerande kraftsystem. Det er behov for eit betre kunnskapsgrunnlag om kva ulike mål og utviklingstrekk vil krevje av kraftsystemet på kort og lang sikt. I 2023 fekk NVE i oppdrag å gjennomføre regelmessige analyser av den heilskaplege utviklinga i det norske kraftsystemet i lys av ulike utviklingstrekk og målsettingar på klima-, nærings- og energiområdet. Departementet vil, i samarbeid med NVE, følge opp arbeidet med meir heilskaplege analysar.
Ny kraftproduksjon
Noreg har framleis eit stort potensial for utbygging av fornybar kraft. Ved utgangen av 2023 var produksjonen av vasskraft i eit år med normal nedbør berekna til 137,3 TWh per år. Evna til å produsere når behovet er størst, skal vektleggast i konsesjonsbehandlinga av regulerbar vasskraft. I 2023 blei det sett i drift vasskraft med ein produksjonskapasitet på om lag 0,6 TWh. Ved utgangen av andre kvartal 2024 var nesten 1,1 TWh ny vasskraftproduksjon under utbygging.
Vindkraft har dei siste åra blitt ein viktig del av den norske energiforsyninga. Noreg har svært gode vindressursar, og vindkraft på land er blant dei teknologiane med lågast gjennomsnittleg utbyggingskostnad. Normalårsproduksjonen for norsk vindkraft er no i underkant av 17 TWh, noko som svarer til rundt 11 prosent av den samla norske produksjonen i eit normalår. Dei neste åra er det forventa lite utbygging. Det var stans i konsesjonsbehandlinga av vindkraft i tre år frå 2019, og få nye vindkraftprosjekt har komme langt i prosessen med å få konsesjon. No er det ei aukande interesse for å utvikle vindkraft, og det er venta fleire prosjekt til konsesjonsbehandling. NVE prioriterer konsesjonsbehandling av nett og produksjon i Finnmark i tråd med regjeringa sitt kraft- og industriløft for landsdelen.
I tråd med nye reglar som Stortinget vedtok i 2023, skal det framover vere ei overordna kommunal områderegulering før det blir gitt konsesjon til ny vindkraft. Dette skal gi betre lokal forankring og styrke kommunane si rolle i prosessen. Det vil også bli lagt større vekt på miljø og andre viktige samfunnsinteresser.
Regjeringa vil legge til rette for meir utbygging av solkraft og lokal energiproduksjon. Departementet har mellom anna hatt på høyring eit forslag om å innføre ei effektgrense for konsesjonsplikt for solkraftanlegg på 5 MW. Departementet bad også om synspunkt på ei grense på 10 MW. Ei konsesjonsgrense vil legge ansvaret for å behandle dei minste solkraftanlegga til kommunane. Vidare skal departementet komme tilbake med ei vurdering av ei eiga konsesjonsgrense for anlegg som blir planlagde på nedbygde areal. Regjeringa har hatt på høyring eit forslag om å gjere reglar om områderegulering som gjeld for vindkraft, gjeldene tilsvarande for konsesjonspliktige solkraftanlegg, og vurderer no høyringsinnspela som har komme inn.
Ved utbygging av nett og ny kraftproduksjon er regjeringa opptatt av å vareta interessene til reindrifta og legge til rette for å sikre driftsgrunnlaget for reindrifta i eit generasjonsperspektiv. Meklingsavtalane som blei inngått mellom Fosen Vind DA og Sør-Fosen sijte 18. desember 2023 og Roan Vind DA og Nord-Fosen siida 6. mars 2024, er viktige, og regjeringa vil ta lærdom av Fosen-saka. Prosjekt for nett og kraft skal ikkje gå ut over reindriftsrettane etter artikkel 27 i konvensjonen om sivile og politiske rettar. Dette er eit heilt sentralt spørsmål i konsesjonsbehandlinga i område med reindrift.
Regjeringa vil legge til rette for at lokalsamfunn som stiller naturressursane sine til disposisjon for utbygging, skal få meir igjen ved at dei blir sikra ein rettmessig del av verdiskapinga. Innføring av grunnrenteskatt på landbasert vindkraft frå 2024 gir føreseielege og trygge rammer for dei som vil investere i vindkraft, samtidig som fellesskapen og lokalsamfunnet sit igjen med ein større del av overskotet. I tillegg har Stortinget, i tråd med forslag frå regjeringa, vedtatt at 0,2 øre per kWh av vindkraftproduksjonen skal settast av til lokale formål som natur, reindrift og eventuelt andre formål som er direkte påverka av arealbruken.
Prosjektområdet for første fase av Sørlege Nordsjø II blei tildelt våren 2024. Dette blir det første store havvindprosjektet på norsk sokkel. Prosjektet vil bli kopla til Fastlands-Noreg og gi meir fornybar kraft i Sør-Noreg. Regjeringa si satsing på havvind er viktig for å auke produksjonen av fornybar kraft i Noreg. Dette er nærmare omtalt i programkategori 18.30.
Regjeringa har sett ned eit ekspertutval som skal greie ut kjernekraft som mogleg energikjelde i Noreg. Formålet med utgreiinga er å få ein brei gjennomgang og ei vurdering av ulike sider ved ei eventuell framtidig etablering av kjernekraft i Noreg. Utvalet skal levere utgreiinga si innan 1. april 2026. Departementet har fått tre meldingar med forslag til utgreiingsprogram for etablering av kjernekraft i høvesvis Aure og Heim kommunar, Vardø kommune og Øygarden kommune. Meldinga med forslag til utgreiingsprogram for etablering av kjernekraft i Aure og Heim er send på høyring.
Noreg har store vassressursar og ein verdifull vassdragsnatur. Vasskrafta er den viktigaste økonomiske utnyttinga av vassressursane våre, og gir viktig fleksibilitet i den norske kraftforsyninga. Det har stor betydning for kraftsystemet at vasskrafta som er bygd ut, blir halden oppe og utvikla vidare. Det skal samtidig leggast til rette for miljøforbetringar i vassdrag med eksisterande vasskraftutbyggingar, basert på avvegingar av samfunnsnytte og ulemper. I dei nærmaste åra vil fleire saker om revisjon av vilkår i eldre konsesjonar bli behandla.
Å sørge for sikkerheita ved vassdragsanlegg er ei viktig oppgåve. Brot på dammar kan ha alvorlege konsekvensar, og det er derfor viktig at NVE fører eit effektivt tilsyn basert på gode risikovurderingar. Klimaendringar forsterkar utfordringane knytte til damsikkerheit.
Flaum og skred
Flaum- og skredhendingar fører til store kostnader i form av skade på helse, tap av liv og materielle skadar på eigedom, infrastruktur og miljø. Noreg har dei siste åra opplevd fleire flaum- og skredhendingar med omfattande skadar. Farekartlegging har avdekt fleire fareområde og bidratt til større bevisstheit i samfunnet om risiko. Aukande folketal og økonomisk vekst bidrar til at skadepotensialet veks. Klimaendringar vil gi meir ekstremvêr og fleire flaum- og skredhendingar. Våren 2024 la regjeringa fram ei stortingsmelding om flaum og skred, Meld. St. 27 (2023–2024) Tryggare framtid – førebudd på flaum og skred. Regjeringa vil styrke arbeidet med førebygging for å auke sikkerheita for folk. Dette omfattar tiltak knytte til kartlegging, arealplanlegging, sikring, overvaking og varsling.
NVE skal bistå kommunane med å førebygge flaum- og skredskadar. I arealplanlegginga skal NVE prioritere å uttale seg om overordna kommuneplanar og områdereguleringsplanar. I dette ligg det at NVE ikkje alltid vil gå inn i detaljreguleringsplanar og søknader om dispensasjon. NVE har ikkje ei rolle knytt til byggesaksbehandling. Vidare kan NVE bistå kommunane med å førebygge skadar frå overvatn gjennom kunnskap om avrenning i tettbygde strøk og rettleiing om kommunal arealplanlegging. NVEs bistand til kommunane blir prioritert etter samfunnsøkonomiske kriterium, slik at samfunnet får mest mogleg igjen i form av redusert risiko for skadar.
Hovudmål
Dei overordna måla på energi- og vassressursområdet er å
legge til rette for ei effektiv, sikker og miljøvennleg energiforsyning
bidra til ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassressursane
sette samfunnet i betre stand til å handtere flaum- og skredrisiko i eit klima i endring
NVE har ansvar for å forvalte energi- og vassressursane i landet og bistår kommunane og andre aktørar i arbeidet med å førebygge flaum- og skredskadar.
I NVEs organisasjon inngår også Reguleringsmyndigheita for energi (RME). RME er reguleringsmyndigheit for kraft- og gassmarknadene i Noreg.
Statnett er operatør og eigar av transmisjonsnettet (TSO) og er det systemansvarlege nettselskapet i Noreg. Statnett har ansvar for samfunnsøkonomisk rasjonell drift og utvikling av transmisjonsnettet.
Energidepartementets mål og oppgåver
Energidepartementet skal legge til rette for eit effektivt og velfungerande energisystem.
Regjeringa vil auke norsk vasskraftproduksjon, legge til rette for ei storstilt satsing på havvind og tillate utbygging av vindkraft på land på stader der det er gode vindforhold og lokal aksept. Regjeringa vil også legge til rette for meir solkraft og lokal energiproduksjon.
Departementet vil arbeide vidare med å forbetre og forenkle konsesjonsbehandlinga av produksjons- og nettanlegg med sikte på at slike saker skal kunne behandlast meir effektivt.
Målet til regjeringa for arbeidet med havvind er industriutvikling, tilrettelegging for innovasjon og teknologiutvikling og at havvind skal bidra til meir fornybar kraftproduksjon i Noreg. Regjeringa har ein ambisjon om å tildele areal med potensial for 30 GW havvindproduksjon på norsk sokkel innan 2040. Dette er nærmare omtalt under programkategori 18.30.
Energidepartementet og Kommunal- og distriktsdepartementet la i august 2024 fram ein rettleiar om samordning mellom konsesjonsbehandling og kommunale planprosessar for vindkraft på land. Det er no eit krav om ei overordna kommunal områderegulering før det kan bli gitt konsesjon til vindkraft. Departementet vurderer om dei nye reglane for behandling av vindkraft også skal gjerast gjeldande for konsesjonspliktige solkraftanlegg. Departementet har lagt fram eit forslag om å innføre ei effektgrense for konsesjonsplikt for solkraftverk på 5 MW, og har samtidig bedd om innspel på ei alternativ grense på 10 MW. Ei slik endring vil flytte behandlinga av dei minste solkraftanlegga frå NVE til kommunane. Departementet arbeider med eit forslag om endringar i energilova om innføring av heimel for tidleg saksavslutning, henteplikt for områdekonsesjonærar med meir.
Våren 2023 la regjeringa fram ein handlingsplan for raskare nettutbygging og betre utnytting av nettet. Handlingsplanen varsla ei rekke tiltak som departementet vil følge opp på eigna måte, mellom anna fleire forskriftsendringar for å legge til rette for ein meir effektiv prosess for tilknyting til nettet og betre utnytting av nettkapasiteten.
Det er ei prioritert oppgåve for departementet å legge til rette for ei sikker kraftforsyning gjennom god beredskap. NVE er delegert viktige beredskapsoppgåver.
Det europeiske energisystemet blir stadig tettare integrert. Departementet arbeider vidare med vurderingar og oppfølging av relevant EU-regelverk på området.
EU vedtok i 2018 og 2019 gjennom Rein energi-pakken ei rekke nye og reviderte rettsakter på energiområdet (Clean Energy for all Europeans package). Departementet gjennomgår regelverket når det gjeld konsekvensar og relevans, og vil følge opp på eigna måte.
I handlingsplan for energieffektivisering blir det slått fast at Energidepartementet skal vareta heilskapen i energieffektiviseringspolitikken til regjeringa. Departementet vil gjennom oppfølging av handlingsplan og i anna arbeid legge til rette for energieffektivisering og fleksibel energibruk. Departementet vil også samarbeide med relevante departement i energibruksarbeidet i sektorane deira. Mellom anna vil departementet følge opp endringar i energilova, jf. Prop. 100 L (2022–2023), der det er vedtatt krav til kost-nytte-analyse av utnytting av overskotsvarme ved bygging eller vesentleg oppgradering av energi- og industrianlegg og krav til store føretak om at dei regelmessig skal gjennomføre ei energikartlegging. Departementet vil legge til rette for lokal energiproduksjon, og arbeider mellom anna med fleire tiltak for auka innfasing av solkraft. I samarbeid med andre departement vidarefører Energidepartementet viktige verkemiddel som plusskundeordninga, investeringsstøtte frå Enova og støtteordningane til Husbanken. Plusskundeordninga blei utvida i 2023 ved at det blei innført ei delingsordning for fornybar straum for kundar på same eigedom. Departementet har bestilt og fått eit forslag frå Reguleringsmyndigheita for energi (RME) til korleis ei delingsordning for fornybar straum tilpassa næringsområde kan innrettast på ein samfunnsmessig rasjonell måte. På oppdrag frå Energidepartementet og Finansdepartementet har RME og Skattedirektoratet greidd delingsordninga ut vidare. Departementa er opptatt av at ordninga skal ha ei tydeleg avgrensing som står seg over tid. Energidepartementet og Finansdepartementet vil hausten 2024 sende forskriftsendringar på høyring som gjer det mogleg å dele overskotsproduksjon av fornybar straum frå anlegg på inntil 5 MW innanfor eit næringsområde. Departementa tar sikte på å innføre ei slik ordning så raskt som mogleg. Energidepartementet arbeider også med regelverksendringar knytte til konsesjonsbehandlinga av solkraftanlegg.
Departementet vil vurdere endringar i prisreguleringa av fjernvarme. Prisreguleringa av fjernvarme er gammal, og det er naturlig at denne blir gjennomgått. NVE har foreslått endringar i prisreguleringa av fjernvarme, og leverte den 19. juni 2024 ein rapport til departementet. Departementet har invitert offentlegheita til å gi innspel til rapporten med frist for innsending av innspel 30. september 2024. Departementet har på noverande tidspunkt ikkje tatt stilling til NVEs forslag. Eventuelle endringar i prisreguleringa skal skje på ein måte som varetek hushaldningar som nyttar fjernvarme til oppvarming.
Departementet følger opp forvaltninga av elsertifikatsystemet i god kontakt med Klimat- och näringslivsdepartementet i Sverige.
5. juli 2024 sende departementet endringar i energimerkeforskrifta på høyring. Høyringsfristen er 4. oktober. Departementet foreslår endringar som vil gjere ordninga meir relevant for heile bygningsmassen, premiere oppvarmingsløysingar som samspeler godt med kraftsystemet, og bidra til at energimerkeordninga i større grad kan støtte opp under andre verkemiddel.
Departementet vil følge opp NVEs arbeid med å sette samfunnet i betre stand til å handtere flaum- og skredrisiko og med å sørge for at sikkerheita ved vassdragsanlegg er tilfredsstillande.
I mai 2024 la regjeringa fram Meld. St. 27 (2023–2024) Tryggare framtid – førebudd på flaum og skred. Regjeringa vil styrke arbeidet med førebygging for å auke sikkerheita for innbyggarane. Departementet vil følge opp meldinga.
Departementet vil bidra til ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassressursane. Det inneber mellom anna å ta miljøomsyn ved ny utbygging og å legge til rette for miljøforbetring i allereie regulerte vassdrag, mellom anna for å følge opp godkjende forvaltningsplanar etter vassforskrifta. Departementet vil arbeide med revisjon av konsesjonsvilkår for å oppfylle miljømåla innan dei fristane som følger av planane.
Departementet vil følge opp NVEs arbeid med å forvalte dei innanlandske energi- og vassressursane gjennom styringsdialogen.
Departementet vil også følge opp den statlege eigarskapen i Statnett SF.
Energidepartementets resultat for 2023
Departementet bidrog i 2023 til ei effektiv og miljøvennleg forvaltning av energiressursane, ei sikker kraftforsyning, ein effektiv og velfungerande kraftmarknad, ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassressursane og ei forbetring av evna til å handtere flaum- og skredrisiko. Departementet samarbeidde tett med NVE og Statnett.
2023 var også eit år prega av usikkerheit og store variasjonar. Russlands invasjon av Ukraina heldt fram og bidrog til ein framleis usikker situasjon i Europa, noko som igjen påverka utviklinga i kraftsystemet i Noreg. Kraftsituasjonen betra seg likevel betydeleg i 2023 samanlikna med 2022, mellom anna som følge av godt tilsig til magasina. Sjølv om det framleis var høge kraftprisar i Sør-Noreg vinteren 2023, bidrog ein betre ressurssituasjon til å få prisane ned.
Utover hausten var det mykje nedbør og skadeflaum i Sør-Noreg. I Søraust-Noreg (NO1) og Vest-Noreg (NO5) førte dette til fulle magasin og tvungen kraftproduksjon. Dette pressa prisane ned og bidrog til fleire veker med negativ gjennomsnittspris. Trass i mykje nedbør også i Sørvest-Noreg (NO2) førte den høge reguleringskapasiteten i dette prisområdet til at nedbørsmengdene ikkje hadde like stor påverknad på kraftprisane her. Dette var ei viktig årsak til periodar med prisforskjellar i Sør-Noreg.
For heile Noreg var den gjennomsnittlege kraftprisen 64 øre per kWh i 2023. Som 2022 blei 2023 eit år med høgare og meir volatile kraftprisar enn vi historisk sett har hatt i Sør-Noreg. Gjennomsnittsprisen for 2023 enda på om lag 76 øre per kWh i NO1 og NO5 og 90 øre per kWh i NO2. Dette er betydeleg lågare enn i 2022, men framleis høgt i eit historisk perspektiv; den gjennomsnittlege prisen i perioden 2010–2020 var om lag 30 øre per kWh. I dei nordlegaste prisområda enda gjennomsnittsprisen på høvesvis 44 øre per kWh i Midt-Noreg (NO3) og 35 øre per kWh i Nord-Noreg (NO4). Dette er om lag det same som i 2022. Det var med andre ord store prisforskjellar mellom nord og sør også i 2023.
Antalet timar med negative kraftprisar auka i 2023. Heile landet fekk oppleve eit tresifra antal timar med negative prisar. NO3 hadde flest, med 401 timar, medan NO5 hadde færrast med negative straumprisar i 173 timar. Til samanlikning var det 14 timar i 2022 med negative straumprisar i NO3.
Samla blei det produsert 154 TWh kraft i 2023, ein auke på 8 TWh frå 2022. Vindkraft stod for 14 TWh av produksjonen. Det norske kraftforbruket i 2023 enda på om lag 136,2 TWh, noko som gav ein positiv kraftbalanse på 17,9 TWh. Dermed hadde Noreg ein nettoeksport på 17,9 TWh i 2023, noko som var om lag 5,4 TWh høgare enn året før.
Leveringskvaliteten på straum i Noreg er god, og leveringspålitelegheita i 2023 var på 99,974 prosent. I snitt opplevde ein straumkunde 1,50 langvarige avbrot (over 3 minutt) og 1,35 kortvarige avbrot (under 3 minutt) i 2023. Gjennomsnittleg gjenopprettingstid for langvarige avbrot var 1 time og 18 minutt. Tydelege krav til beredskapsarbeid og omfattande informasjonsverksemd frå NVE bidrog til at nettselskapa fokuserte meir på beredskap.
I juni 2023 blei det vedtatt at straumstønadsordninga skal vare ut heile 2024, som ei timebasert ordning, jf. Prop. 116 L (2022–2023).
Regjeringa la våren 2023 fram ein handlingsplan for raskare nettutbygging og betre utnytting av nettet. I handlingsplanen blei det varsla fleire tiltak som skal bidra til at fleire aktørar kan få knyte seg til straumnettet raskare. Som ledd i oppfølginga av handlingsplanen gav departementet RME i oppdrag å greie ut og foreslå forskriftsendringar for meir effektiv utnytting av straumnettet. RME gav ei tilråding om modnadskriterium hausten 2023, og departementet starta eit arbeid for å kunne sende eit forslag på høyring i 2024. Regjeringa foreslo og fekk gjennomført auka løyvingar til konsesjonsmyndigheitene for å vidareføre opptrappinga av ressursar til behandling av konsesjonssøknader og til å halde fram med å forbetre og digitalisere planleggings- og konsesjonsprosessane. I desember 2023 sende departementet på høyring eit forslag om å endre konsekvensutreiingsforskrifta slik at grensa for når ein tiltakshavar må førehandsmelde kraftleidningar på 132 kV, blir heva frå 15 til 50 km. Formålet med endringa er mellom anna å avlaste NVE i nokre fleire sakar enn i dag.
Departementet har forvalta den statlege eigarskapen i Statnett SF, som er systemansvarleg for den norske kraftforsyninga og eit viktig sektorpolitisk føretak med ansvar for kritisk infrastruktur. Som eigar held departementet seg orientert om mellom anna investeringsporteføljen, økonomien og drifta i føretaket.
Departementet har arbeidd med revidering av energimerkeordninga for bygg, mellom anna for at ho skal bli meir relevant for eksisterande bygg. Departementet har hatt ansvaret for gjennomføringa av forordningar under økodesigndirektivet og energimerkeforordninga. I oppfølginga av forordningar under økodesigndirektivet har departementet samarbeidd med Klima- og miljødepartementet. Regjeringa la fram ein handlingsplan for energieffektivisering hausten 2023. Handlingsplanen inneheld viktige grep for meir energieffektivisering i alle delar av norsk økonomi, og følger opp fleire av anbefalingane frå energikommisjonen. Handlingsplanen lanserte fleire nye oppgåver for NVE. Mellom anna skal NVE etablere ein kommunefordelt energirekneskap og eit kompetanseforum for kommunane.
Longyearbyen lokalstyre overleverte Energiplan Longyearbyen til Justis- og beredskapsdepartementet og Energidepartementet i starten av 2023. Departementet har gjennom året bidratt med arbeid knytt til energiforsyninga i Longyearbyen, mellom anna ved å følge opp energiplanen.
Departementet har i 2023 følgt og analysert utviklinga i dei nordiske og nordeuropeiske kraftmarknadene. Departementet har også deltatt i arbeidsgrupper på nordisk nivå for å føre vidare det nordiske energisamarbeidet.
Departementet har følgt prosessane for regelverksutviklinga i EU på energiområdet tett. Rein energi-pakken blei vedtatt i EU i 2018 og 2019. I 2023 har departementet arbeidd med å vurdere innhaldet i det vedtatte regelverket.
I 2023 blei det ikkje behandla nokon klagesaker som gjaldt konsesjon til nye produksjonsanlegg etter energilova, men departementet behandla 16 klagesaker og innstillingssaker om kraftleidningar.
Det er gjort eit omfattande arbeid knytt til saka om Roan og Storheia vindkraftverk på Fosen i 2023. I april tok departementet initiativ til ein meklingsprosess mellom partane på Fosen for å løyse saka. Meklingsprosessen førte til at det blei inngått avtale mellom kraftselskapa og dei to driftsgruppene på Fosen, først med sørgruppa i desember 2023 og så med nordgruppa i mars 2024. Etter ønske frå partane har staten tatt på seg ansvaret for å gjennomføre ein prosess med sikte på å skaffe eit tilleggsbeiteareal for reindrifta på Fosen.
Det blei i 2023 gitt konsesjon til to nye vasskraftprosjekt ved kongeleg resolusjon med ein samla produksjon på om lag 127 GWh. Departementet gjorde endeleg vedtak i fire saker om små vasskraftverk.
Departementet har sluttbehandla fire saker om revisjon av konsesjonsvilkår og to saker om innkalling til konsesjonsbehandling. Vassforvaltningsplanane etter vassforskrifta blei følgde opp med sikte på at miljømåla blir nådde innan tidsfristane som er sette i planane.
Departementet har følgt opp NVEs arbeid med å førebygge flaum- og skredskadar. I lys av at regjeringa varsla ei stortingsmelding om flaum og skred i 2024, har departementet i 2023 arbeidd med å gjennomgå rammene for førebygging av flaum- og skredskadar, i samarbeid med andre departement. Departementet inviterte til innspelsmøte i samband med meldinga i 2023 og gjekk gjennom over 60 skriftlege innspel til meldingsarbeidet. Ekstremvêret Hans i august 2023 førte til stor skadeflaum og fleire alvorlege skredhendingar.
Departementet har styrkt arbeidet med havvind og utlyste i 2023 eit prosjektområde i Sørlege Nordsjø II. Dette er nærmare omtalt i Energidepartementets resultatrapport for 2023 under programkategori 18.30.
Regjeringa sette ned Straumprisutvalet i februar 2023. Utvalet la fram sluttrapporten sin, Balansekunst, 12. oktober 2023. Energikommisjonen la 1. februar fram rapporten NOU 2023: 3 Mer av alt – raskere. Det visast til omtale av desse rapportane i kapittel 8 Regjeringa si oppfølging av Energikommisjonen og Straumprisutvalet med meir, i del III av proposisjonen.
Noregs vassdrags- og energidirektorat
Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte dei innanlandske energiressursane. Vidare har direktoratet ansvar for å forvalte Noregs vassressursar og vareta dei statlege forvaltningsoppgåvene innanfor førebygging av flaum- og skredskadar. NVE er engasjert i forsking og utvikling (FoU) og internasjonalt utviklingssamarbeid innanfor ansvarsområda sine. NVE skal bidra med kunnskap og analysar til departementet, til andre myndigheiter og sektorar, og til allmenta.
NVE har hovudkontor i Oslo og regionkontor i Tønsberg, Hamar, Førde, Trondheim og Narvik. I tillegg har NVE kontor på Stranda i Møre og Romsdal og i Kåfjord i Troms. Det blei utført 607 årsverk i NVE i 2023.
Mål
NVE skal bidra til å nå fire hovudmål.
Bidra til ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga
NVE skal ha oversikt over hydrologi og vassressursar i Noreg og korleis klimaendringar påverkar desse. NVE skal sikre samfunnsmessig forsvarleg bruk og forvaltning av vassdrag og grunnvatn. NVE skal vege interessene for miljø og brukarar mot kvarandre når nye tiltak og endringar i eksisterande tiltak i vassdraga blir behandla. NVE skal sjå til at miljø- og sikkerheitskrav som blir stilte til nye og eksisterande vassdragsanlegg, blir oppfylte, og bidra til ei god forvaltning av vassdragsvernet.
Fremme samfunnsøkonomisk effektiv produksjon, overføring og bruk av energi
NVE skal prioritere behandling av konsesjonssøknader til nett og til produksjon som bidrar til betydeleg auka kraftproduksjon eller til fleksibilitet i kraftsystemet. Vidare skal NVE bidra til å følge opp regjeringa sitt kraft- og industriløft for Finnmark. NVE skal bidra i arbeidet med å følge opp regjeringa sin handlingsplan for energieffektivisering, arbeide for eit effektivt og fleksibelt energisystem og støtte regjeringa si satsing på vindkraft til havs. NVE skal sjå til at krava til utbygging og drift av anlegg for produksjon og overføring av energi blir følgde opp. Vidare skal NVE ha god oversikt over dei relevante utviklingstrekka i det europeiske energisystemet og regelverksutviklinga i EU og korleis utviklinga påverkar Noreg.
Fremme ei sikker kraftforsyning
NVE skal overvake og analysere utviklinga i kraft- og effektbalansane på kort og lang sikt. NVE skal ha god oversikt over kraftsituasjonen i dei ulike regionane og vere førebudd på moglege situasjonar med anstrengde kraftsituasjonar. NVE skal vidare sjå til at sikkerheita og beredskapen i kraftforsyninga er god, gitt risiko som følge av klimaendringar, digitalisering og eit nytt sikkerheitspolitisk bilete, og at krava til sikkerheit og beredskap blir følgde opp.
Betre evna til å handtere flaum- og skredrisiko i eit klima i endring
Regjeringa sin politikk for førebygging av flaum- og skredskadar er lagd fram i Meld. St. 27 (2023–2024) Tryggare framtid – førebudd på flaum og skred. NVE skal støtte departementet i arbeidet med å følge opp meldinga. NVE skal også bistå kommunane og samfunnet elles med å førebygge skadar frå flaum, skred og overvatn. NVE skal legge ei risikobasert tilnærming til grunn, og prioritere innsats og tiltak ut frå kost-nytte-vurderingar.
Resultat 2023
Bidra til ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga
NVE overvaker vassressursane i Noreg ved hjelp av over 600 hydrologiske målestasjonar i elver og innsjøar, i tillegg til målingar av markvatn, grunnvasstand, vasstemperaturar, brear, snø, is og sedimenttransport på utvalde stader. Dei hydrologiske målestasjonane gir god oversikt over vassressursane og er viktige for mellom anna flaum- og jordskredvarslinga.
Drifta av det hydrologiske stasjonsnettet blir prioritert høgt. I 2023 har det vore stor feltaktivitet for å sikre hydrologiske data av god kvalitet gjennom heile året. Instrumenteringa på store delar av stasjonsnettet nærmar seg teknisk levealder, og stasjonar må også oppgraderast fordi 2G-nettet skal fasast ut. 50 stasjonar blei oppgraderte i 2023.
Målestasjonar som vassdragsregulantane er pålagde å drive, er ein viktig del av det hydrologiske stasjonsnettet. I 2023 har NVE gitt fem varsel og tre pålegg om hydrologiske målingar i vassdrag. NVE har betra rutinar for mottak og oppfølging av data frå slike målestasjonar.
NVE har formidla informasjon om klimaendringar og klimatilpassing. NVE har vore involvert i ulike FoU-prosjekt, mellom anna knytte til samarbeidet i Norsk klimaservicesenter. I 2023 har NVE arbeidd med analysar og tekst til den oppdaterte rapporten Klima i Norge 2100, som etter planen skal publiserast i 2025.
I konsesjonsbehandlinga av tiltak i vassdrag har NVE greidd ut påverknaden på miljø- og brukarinteresser og vurdert denne heilskapleg. NVE har prioritert framdrift i vilkårsrevisjonar innanfor vasskraft, i tillegg til innkallings- og omgjeringssaker i vassdrag som etter vassforskrifta skal oppnå høgare miljømål innan 2027. Ved utgangen av 2023 hadde NVE totalt 52 vilkårsrevisjonar til behandling. Det blei i tillegg gitt konsesjon eller innstilling til nedlegging av 11 vassdragsanlegg.
NVE har behandla søknader om uttak av vatn til akvakulturanlegg og andre inngrep i vassdrag. For å sikre at pålagde konsesjonsvilkår blir følgde opp i planlegging, bygging og drift av anlegg, har NVE gjort 175 vedtak om godkjenning av detaljplanar for miljø og landskap, inkludert planendringar. NVE er også i gang med eit utviklingsprosjekt som skal konkretisere moglegheita for meir konsistente og transparente samfunnsøkonomiske vurderingar i konsesjonssakene.
Det er framleis høg aktivitet i bygginga av småkraftverk, mellom anna sidan mange kraftverk har fått forlengd byggefrist. NVE har prioritert miljøtilsyn med vassdragsanlegg i byggefasen og har gjennomført 118 synfaringar før og etter byggestart. NVE har også hatt tilsyn med vassdragsanlegg i drift og fortløpande følgt opp innrapporterte hendingar. NVE har gjort eitt vedtak om retting og tre vedtak om gebyr for brot på vilkår i konsesjonen eller vilkår som følger direkte av vassressurslova. For å bidra til forbetring gjer NVE eit omfattande informasjonsarbeid om krav, regelverk og erfaringar, mellom anna gjennom webinar og seminar. I tillegg har NVE delt funna og reaksjonane på nettsidene sine.
Dammar har ein viktig funksjon for kraftforsyninga og kan ofte vere viktige for flaumdemping i vassdrag. Brot på dammar kan ha svært store konsekvensar for samfunnet. Dammar og vassvegar skal klassifiserast i éin av fem konsekvensklassar, slik at det blir stilt riktige krav til sikkerheita ved planlegging, bygging og drift. Dette har vore ei prioritert oppgåve. I 2023 gjorde NVE vedtak om konsekvensklasse i 240 saker. Om lag 99 prosent av dammane og 99 prosent av vassvegane er registrerte i NVEs database med gyldige vedtak om konsekvensklasse. NVE prioriterer å følge opp anlegga der konsekvensane av brot er størst.
Det blir stilt krav til kvalifisert personell som eit ledd i arbeidet med god damsikkerheit. For dameigarar gjeld dette leiar, vassdragsteknisk ansvarleg (VTA) og anna tilsynspersonell. I 2023 har NVE godkjent VTA-ar for vel 260 vassdragsanlegg og gitt avslag for 36. Det er utarbeidd ei ny, nettbasert rettleiing for søknad om godkjenning for tilsynspersonell.
Vassdragsvernet omfattar 390 objekt som er verna mot kraftutbygging. Ved vurdering av tiltak i verna vassdrag har NVE lagt stor vekt på verneverdiar. NVE gir informasjon om verna vassdrag på nettsidene sine, vurderer potensielle konfliktar med vassdragsvern i høyringar av kommunale arealplanar og har motsegnskompetanse knytt til fagområda sine.
NVE har sektoransvaret for å gjennomføre vassforskrifta innanfor sine område. NVE har gjennomført prioriterte vilkårsrevisjonar, innkallings- og omgjeringssaker og bidratt til miljøtiltak gjennom tilskots- og bistandsordningane. I 2023 har NVE også deltatt i nasjonal koordinering, både i direktoratsgruppa for vassdirektivet og i eit nasjonalt restaureringsprosjekt. Tema i 2023 har mellom anna vore evaluering av planprosessar, hydromorfologisk klassifisering av vassførekomstar, rettleiar om vassmiljø i arealplanlegging, grunnvatn og nasjonal handlingsplan for vassdragsrestaurering. I 2023 overtok Miljødirektoratet heile ansvaret for drifta av forvaltningsverktøyet Vann-Nett. NVE har likevel bidratt med førebuingar for rapportering av data til European Environment Agency. I tillegg deltok NVE i ei ressursgruppe for å utvikle ein rettleiar for vassmiljø i arealplanar.
Gjennom tilskot til Anno Norsk skogmuseum, Kraftmuseet, det freda kraftanlegget Tysso I og Telemarkskanalen, har NVE bidratt til bevaring og formidling av norsk vassdrags- og energihistorie. Den største digitale satsinga har vore utviklinga av nettsida og podkastserien Kraftlandet, eit fellesprosjekt med Norsk skogmuseum og Kraftmuseet som blei lansert i 2021.
I 2023 starta NVE ei stor satsing på å digitalisere analogt arkivmateriale, mellom anna elektrisitets- og vassdragskonsesjonar og dokument frå damtilsynet. NVE har i tillegg arbeidd vidare med å revidere listeførte kulturminne innanfor sektoren, i samarbeid med Riksantikvaren og den regionale kulturmiljøforvaltninga. Oversikta over og utvalet av kulturminne med nasjonal verdi gir eit betre grunnlag for å ta omsyn til kulturminna.
Departementet vurderer det slik at NVE har lagt til rette for ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga.
Fremme samfunnsøkonomisk effektiv produksjon, overføring og bruk av energi
2022 var det første året med vesentleg interesse for bakkemontert solkraft, og interessa har halde seg gjennom 2023. Ved utgangen av 2023 var totalt 35 konsesjonssaker for solkraftanlegg under behandling. Mange saker ventar på avklaring av nett før konsesjonssaka kan ferdigbehandlast. NVE har i 2023 gjort vedtak i 17 fjernvarmesaker. Dei fleste sakene gjeld endringar og utvidingar av eksisterande anlegg. NVE har gjort vedtak/innstilling i totalt 62 vasskraftsøknader for vasskraftverk med ein installert effekt over 1 MW i 2023. For vasskraftverk med mindre enn 1 MW installert effekt har NVE fått inn 40 nye saker og behandla ferdig 35 saker i 2023. Det blei ikkje gjort vedtak om vindkraft på land i 2023, men NVE registrerer auka aktivitet i bransjen med utvikling av nye vindprosjekt.
NVE har etablert prioriteringskriterium for konsesjonsbehandlinga. Dette sikrar at NVE prioriterer større prosjekt og prosjekt som er viktige for forsyningssikkerheita og effektbalansen.
Pågangen av søknader om nettkonsesjonar var stabilt høg også i 2023. Som ei oppfølging av NOU 2022: 6 Nett i tide – om utvikling av strømnettet har NVE utvikla og sett i verk ei rekke tiltak for raskare realisering av nettutbygging. NVE har foreslått utvida leveringsplikta, slik at produksjon opp til 22 kV kan skje innanfor eksisterande områdekonsesjon. NVE har gitt 184 anleggskonsesjonar til nettanlegg i 2023. Nettanlegg som har betydning for forsyningssikkerheita, og anlegg i Finnmark har vore prioritert. I tråd med regjeringa sin handlingsplan for raskare nettutbygging og betre utnytting av nettet har NVE i tillegg utvikla eit hurtigspor for konsesjonsbehandling av søknader som er godt førebudde og har små verknader for allmenne og private interesser. I 2023 har NVE halde fram arbeidet med å oppdatere rettleiarar for nettanlegg. I tillegg har NVE utarbeidd ein sektorrettleiar for samfunnsøkonomisk analyse av nettiltak i samarbeid med fleire andre aktørar.
NVEs analysearbeid er viktig for å oppretthalde og vidareutvikle god kunnskap om utviklinga innanfor aktuelle energiteknologiar, kraftproduksjon og -forbruk, forsyningssikkerheit og ulike energiberarar. NVE har i 2023 jamleg oppdatert oversikta over potensial for norsk vasskraft, og publisert kvartalsvise oversikter over kor mykje kraftproduksjon som blir bygd ut. I 2023 har NVE også publisert nye kostnadstal for ei rekke produksjonsteknologiar i eit oppdatert digitalt verktøy på nettsidene sine. Ettersom det blir meir solkraft i det norske systemet, har NVE gjennom 2023 retta meir merksemd mot solkraftproduksjon og gjennomført ei utgreiing om solkraft og annan lokal energiproduksjon.
I 2023 har NVE retta stor merksemd mot forsyningssikkerheita i kraftsystemet på kort sikt. I etterkant av den ekstraordinære kraftsituasjonen i 2022 har NVE utvikla modellar og metodar for å utarbeide prognosar for kraftsituasjonen kvar veke, mot tidlegare to gonger i året.
For havvind har 2023 vore prega av utpeiking av areal for ei strategisk konsekvensutgreiing, knytt til regjeringa sitt mål om at det skal tildelast areal for 30 GW havvindproduksjon innan 2040. NVE har stilt med prosjektleiar og fagfolk i ei direktoratsgruppe. Direktoratsgruppa leverte ein rapport våren 2023 som identifiserte 20 område som kan vere aktuelle for havvindutbygging på norsk sokkel. I september 2023 fekk NVE i oppdrag å gjennomføre strategiske konsekvensutgreiingar for områda som inngår i den planlagde utlysingsrunden i 2025, og for dei andre områda. Mot slutten av året førebudde NVE kjøp av utgreiingstenester frå eksterne fagmiljø til denne strategiske konsekvensutgreiinga.
Det er store ambisjonar for vindkraft til havs i Noreg. Sommaren 2020 opna dei to første områda for fornybar energiproduksjon til havs, Utsira Nord og Sørlege Nordsjø II. Det er ei rekke avgjerder som må på plass før det er drift på desse felta. Ei viktig avklaring er korleis vindkrafta skal knytast til land.
NVE rapporterte derfor i 2023 om verknader på kraftsystemet av ulike nettløysingar for vindkraft til havs i Sørlege Nordsjø II. Ved hjelp av ulike scenario og sensitivitetar viste NVE korleis ulike nettløysingar for havvind i Sørlege Nordsjø II kan påverke kraftsystemet i Noreg.
Ei anna viktig oppgåve for NVE er å følge utviklinga i det europeiske energisystemet og sjå på korleis EUs politikk- og regelverksutvikling påverkar Noreg. I regelverksutviklinga i EU, på områda økodesign og energimerking, har NVE i 2023 sendt to norske posisjonar til EU-kommisjonen for høvesvis luft-til-luft-varmepumper og vassvarmarar. Vidare har NVE skrive 24 EØS-notat og publisert 18 nyheiter. Ti av desse gjaldt høyringar av EU sitt utkast til produktforordningar.
Handlingsplanen for energieffektivisering som regjeringa la fram hausten 2023, har vore ein viktig premissgivar for NVE sitt arbeid med energieffektivisering i 2023. NVE bidrog med fagleg underlag og innspel til handlingsplanen. NVEs rolle innanfor energieffektivisering blei tydeleggjord i handlingsplanen, og planen lanserte fleire nye oppgåver for NVE. Mellom anna fekk NVE i oppgåve å etablere ein kommunefordelt energirekneskap og eit kompetanseforum for kommunar.
NVE har i 2023 levert framlegg til tekst til ei ny stortingsmelding om Svalbard som blei lagd fram i mai 2024 (Meld. St. 26 (2023–2024)).
NVE greidde ut og sende på høyring ei ny forskrift om energiutgreiingar i 2023, og denne tok til å gjelde i første kvartal 2024. Den nye forskrifta skal sikre betre informasjonsutveksling og forankring, gi ein meir standardisert nettutbyggingsprosess og legge til rette for digitalisering av prosessen. Forskrifta inneber at det blir obligatorisk for nettselskap å melde inn tiltak i det digitale verktøyet PlanNett, som blei lansert i 2022 og tatt i bruk av nettselskapa i 2023. NVE har også vidareutvikla verktøyet i 2023. No kan alle gå inn på nettstaden plannett.nve.no for å sjå planane til alle nettselskapa. Løysinga vil mellom anna føre til høgare kvalitet på utgreiingane og redusert tidsbruk hos både nettselskapa og NVE.
Gjennom tilsyn kontrollerer NVE at vilkåra og føresetnadene i lova blir følgde opp ved planlegging, bygging og drift. NVE har gjennomført både inspeksjonar og dokumentkontrollar, og har i enkelte tilfelle gitt varsel om reaksjonar fordi ikkje alle konsesjonsvilkår har vore oppfylte fullt ut. NVE har også gjort eit vedtak om retting på grunn av brot på energilova. Fleire av sakene dreier seg om bygging av anlegg utan løyve, noko som er eit alvorleg brot på regelverket. Dette er saker NVE vil rette merksemd mot framover. I 2023 har NVE prioritert tilsyn og oppfølging av vindkraftanlegg som er under ferdigstilling, og godkjenning av nødvendige planar for nettanlegg. Ei kartlegging av organiseringa av selskapa med vindkraftkonsesjon i 2022 viste at ei rekke selskap ikkje innfridde krava om at konsesjonen skal ligge hos ein part med klart og operativt driftsansvar for alle vilkåra. I 2023 er nødvendige tiltak sette inn for alle selskapa.
Departementet vurderer at NVE gjennom arbeidet sitt har bidratt til samfunnsøkonomisk effektiv produksjon, overføring, omsetning og bruk av energi.
Fremme ei sikker kraftforsyning
Arbeidet med sikkerheit og beredskap i kraftforsyninga er viktig for forsyningssikkerheita. Det har vore retta stor merksemd mot tiltak som sikrar kraftforsyninga mot uønskte hendingar, og mot beredskap for å handtere slike hendingar og rette opp igjen forsyninga ved utfall. Forsyningssikkerheita for straum er god. Auka digitalisering, endra trusselbilete og endra klima med meir uvêr og sterk skogvekst inneber at energibransjen må følgast opp også framover for å halde forsyningssikkerheita på eit høgt nivå.
Gjennom analysearbeid vurderer NVE utviklinga i kraft- og effektbalansen på lang sikt. I 2023 har NVE utvikla eit gjennomarbeidd datasett for framskrivingar av produksjon og forbruk for Norden dei neste fem åra for å overvake utviklinga i kraft- og effektbalansen. Basert på samarbeid med Statnett og Statkraft om ei behovsvurdering og ein marknadsdialog for nye kraftmarknadsmodellar har NVE oppretta eit program for betre kraftmarknadsmodellar. Programmet skal levere nye modellar og eit modellrammeverk som vil gjere analysearbeidet meir effektivt, slik at NVE kan levere fleire, betre og meir samansette analysar i åra som kjem.
Forsyningssikkerheita er god i Noreg. NVE følger nøye med på både kraftsituasjonen og den sikkerheitspolitiske situasjonen. Kraftsituasjonen har ført til at NVE har gjennomført prognosar med modellapparatet sitt kvar veke for å følge situasjonen særleg tett. Vidare har NVE brukt mykje ressursar i 2023 på å følge opp ansvaret sitt som rasjoneringsmyndigheit. NVE har halde fleire møte om kraftrasjonering med ulike aktørar i bransjen, mellom anna med eit utval nettselskap, Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB), Statnett og RME. Formålet med desse møta har vore å få tilstrekkelege avklaringar og innspel til å lage ei ny kraftrasjoneringsforskrift. Kraftrasjoneringsforskrifta blei send på høyring i juni 2023 og tok til å gjelde 1. januar 2024.
Kraftbransjen blir stadig meir digitalisert og dermed også meir sårbar for digitale angrep. Trusselbiletet er i endring, og risikoen for digitale angrep har auka. NVE har hatt auka merksemd på oppfølging av IKT-sikkerheit i sektoren og har arbeidd med rettleiing og gjennomført scenarioanalysar. NVE har rolla som sektorvis responsmiljø (SRM) for IKT-hendingar i kraftforsyninga og har sett ut oppgåver som varsling og analyse til KraftCERT1. NVE vurderer det slik at det er behov for å styrke evna til å handtere alvorlege digitale angrep i kraftforsyninga. NVE har god dialog med bransjen og andre myndigheiter på området.
I mars 2021 leverte Riksrevisjonen ein forvaltningsrevisjon av NVEs arbeid med IKT-sikkerheit i kraftforsyninga. Riksrevisjonen konkluderte med at NVE ikkje i tilstrekkeleg grad har sett til at kraftselskap har god nok beredskap for å handtere IKT-angrep. NVE har følgt opp revisjonen med fleire tiltak og har vidareutvikla tilsynsmetodikken og gjennomført fleire tilsyn. Vidare har NVE fått styrkt rammene for å følge opp arbeidet med sikkerheit og beredskap i kraftforsyninga, og i 2023 er fleire personar tilsette og fleire tiltak gjennomførte gjennom tenestekjøp.
NVE har i 2023 gjennomført 38 tilsynsrevisjonar. Av dei er det ni som dreier seg om IKT-sikkerheit og var prioriterte for tilsyn i 2023. Som del av tilsynsverksemda har NVE i 2023 ikkje gjort vedtak, berre varsla vedtak om retting.
NVE er beredskapsmyndigheit og leiar Kraftforsyningas beredskapsorganisasjon (KBO). NVE har bidratt til å halde merksemda retta mot førebyggande sikkerheit og beredskap i kraftforsyninga på eit høgt nivå, mellom anna gjennom informasjonsarbeid. Dei har også bidratt til ulike tiltak for kompetanseheving, særleg innanfor IKT-sikkerheit. Vidare har NVE arbeidd med å vidareutvikle risiko- og sårbarheitsanalysen for kraftforsyninga (KraftROS), som inneheld særleg alvorlege scenario for kraftforsyninga. KraftROS er eit viktig grunnlag for øving og bidrar til å peike på område der det er viktig å sette i verk tiltak.
Den endra sikkerheitspolitiske situasjonen har prega prioriteringane og arbeidet med sikkerheit og beredskap. Samhandling mellom sektormyndigheiter har komme meir i fokus, og NVE har styrkt dialogen med Petroleumstilsynet (no Havindustritilsynet, Havtil), Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit (Nkom) og Nasjonalt tryggingsorgan (NSM). NVE har også utarbeidd ein rettleiar for personellsikkerheit i KBO-einingane og dessutan arbeidd vidare med å avklare ein definisjon av kva kraftsensitiv informasjon inneheld. Vidare har NVE styrkt arbeidet med sikkerheit i informasjonsteknologi (IT) og operasjonell teknologi (OT) i kraftforsyninga når det gjeld både regelverk, rettleiing, tilsyn, beredskap og kompetanse.
NVE arbeider også med bistand til Ukraina. Den ukrainske kraftforsyninga er hardt ramma etter fleire angrep. KBO og andre norske verksemder har bidratt med aggregat og kraftforsyningsmateriell til Ukraina. Dette er materiell som ikkje inngår i den norske reparasjonsberedskapen.
Nasjonal kraftforsyning er utpeika som ein grunnleggande nasjonal funksjon (GNF), og Statnett er underlagt sikkerheitslova. NVE er tilsynsmyndigheit i kraftforsyninga etter sikkerheitslova og har i 2023 utført tilsyn etter lova.
Vidare har NVE deltatt i arbeidsgruppa for IKT-sikkerheit innanfor Nordisk beredskapssamarbeid (NordBER). Samarbeidet involverer beredskapsmyndigheiter og systemansvarlege nettselskap i dei nordiske landa og bidrar til ei felles forståing av utfordringar og moglegheiter i kraftforsyningsberedskapen. NVE vil framover bidra til å sørge for at IKT-hendingar ikkje gir ein auka risiko for kraftforsyninga.
NVE har ført vidare arbeidet med læring etter øvingar og hendingar ved systematisk å utvikle planverk og arrangere felles læringsarenaer.
Departementet vurderer det slik at NVE gjennom arbeidet sitt og prioriteringane sine har bidratt til å vareta sikkerheit og beredskap i kraftforsyninga i ein krevjande periode.
Betre evna til å handtere flaum- og skredrisiko i eit klima i endring
Flaum og skred kan føre til store skadar for samfunnet og ramme både liv, helse og verdiar, noko ekstremvêret Hans i august 2023 demonstrerte. I 2023 brukte NVE store ressursar på å dokumentere flaum- og skredhendingar under ekstremvêret. Dei over 700 skreda som gjekk under Hans, er registrerte i den nasjonale skreddatabasen. Hendinga blei godt varsla, og varslingstenesta fungerte tilfredsstillande med godt samarbeid internt og eksternt. Trass vellykka varsling blei det likevel identifisert fleire oppfølgingspunkt relaterte til rutinar, tekniske utfordringar og målestasjonar. NVE har også planlagt og gjennomført sikringstiltak som oppfølging av Hans og gitt tilskot til sikringstiltak i regi av kommunane.
Det er eit langsiktig arbeid å sette samfunnet i betre stand til å handtere flaum- og skredrisiko i eit klima i endring. I 2023 har NVE mellom anna bidratt med innspel til stortingsmeldinga om flaum og skred som blei lagt fram i mai 2024 (Meld. St. 27 (2023–2024) Tryggare framtid – førebudd på flaum og skred), i arbeidet med regelverksutvikling knytt til sikkerheit mot naturpåkjenningar i byggteknisk forskrift (TEK17) og i arbeidet med ny forskrift om risiko- og sårbarheitsanalyse (ROS-analyser) i arealplanar. NVE har dessutan gitt høyringsinnspel til Klimautvalet 2050.
Når det gjeld kartlegging av fare for flaum og skred, har NVE i 2023 prioritert mellom anna lausmassekartlegging i regi av Noregs geologiske undersøkingar (NGU) og tilgjengeleggjering av grunnlagsdata. Vidare har NVE sett i gang eit større revisjonsarbeid for den nasjonale skreddatabasen. Utgreiinga av kvikkleirefare i kommunane Ullensaker, Nannestad og Gjerdrum er omfattande, og grunnboringar og analysar held fram i 2024. I 2023 har NVE også utført grunnundersøkingar for kvikkleiresoner i Trøndelag og tilrettelagt for ein ny generasjon aktsemdskart for kvikkleire.
Tilgang på laserdata for å lage detaljerte høgdemodellar er vesentleg for all farekartlegging. NVE har i 2023 bidratt i Geovekst-samarbeidet. Geovekst er eit offentleg partssamarbeid om felles etablering, forvaltning, drift, vedlikehald og bruk av geografisk informasjon. Dette samarbeidet bidrog i 2023 med laserskanning av område under marin grense i Nordland og Troms.
NVE har halde fram arbeidet med å samle inn og gjere tilgjengeleg fareutgreiingar, oversikter over faresoner og geotekniske grunnundersøkingar som andre aktørar har gjennomført. Det gjeld for både flaumfare, fare for skred i bratt terreng og fare for kvikkleireskred. NVE har bidratt i arbeidet med eit nytt forskriftsforslag om pliktig innmelding av naturfareutgreiingar og grunnundersøkingar.
Ordninga med tilskot for å kartlegge kritiske punkt i bekker og bratte vassdrag er ført vidare, og ei evaluering av ordninga starta opp på slutten av 2023.
NVE har arbeidd vidare med rettleiing og vidareutvikling av verktøy for arealplanlegging i 2023. Dette er viktig for at kommunar, konsulentar og utbyggarar kan ta omsyn til naturfare i planlegginga. NVE har mellom anna publisert ein rettleiar som beskriv korleis overvatn kan kartleggast i arealplanar, og ein rettleiar som gir ei praktisk innføring i å måle overvatn og vurdere kvaliteten på slike data. NVE har i tillegg starta eit samarbeid med Miljødirektoratet om ein felles digital plattform for å samle informasjon og rettleiing om overvatn.
NVE har i 2023 særskilt prioritert opplæring og rettleiing av kommunar med store utfordringar. I plansaker har NVE prioritert å gi fråsegn der kommunen sjølv har bedt om bistand, og i tillegg prioritert kommunar med høg risiko for naturfare eller andre interesser innanfor ansvarsområdet til NVE.
NVE har i 2023 gitt 4 817 innspel og fråsegner til arealplan- og dispensasjonssaker. NVE arbeider løpande med å vidareutvikle saksbehandlingsverktøy som skal gjere arbeidet med fråsegner til arealplanar betre og meir effektivt. Formidling, rettleiing og innspel frå NVE til dei enkelte arealplanane har også i 2023 bidratt til at kommunane i aukande grad tar omsyn til flaum- og skredfare i arealplanlegginga.
Det er mange bustadområde i Noreg som ligg utsett til, og som kan bli ramma av flaum- og skredhendingar. Arbeidet NVE har gjort med beredskap og sikringstiltak i 2023, har både vore prega av oppfølging under og etter hendingar, og av stor aktivitet med ordinære sikringstiltak. NVE gir faglege råd til kommunar, statsforvaltarar og nødetatar om tiltak som flytting, evakuering, innhenting av fagleg bistand, tekniske undersøkingar og eventuelle fysiske tiltak.
NVE kan gi bistand til sikringstiltak enten i form av eit økonomisk tilskot, der kommunen eller private tar på seg ansvaret for å planlegge og gjennomføre tiltaka, eller ved at NVE tar på seg dette ansvaret på vegner av kommunen.
I 2023 blei det sluttført 28 sikrings- og miljøtiltak mot flaum og skred, der til saman rundt 710 bueiningar og 113 bygg blei sikra. Fleire tiltak er under planlegging og gjennomføring.
Blant tiltak som blei ferdigstilte, var sikringa mot kvikkleireskred ved Rødde i kommunane Trondheim og Melhus og ved Skotfoss i Skien kommune og sikringa mot skred i bratt terreng ved Aga i Ullensvang kommune. Vidare arbeider NVE med flaumsikring i Mjøndalen i Drammen kommune og Bismo i Skjåk kommune.
Arbeidet med dei omfattande sikringstiltaka etter kvikkleireskredet på Ask i Gjerdrum kommune 30. desember 2020 blei i stor grad avslutta i 2023. Enkelte mindre arbeider og rapporteringar blir sluttførte i 2024.
NVE har arbeidd tett med lokalstyret og Sysselmeisteren på Svalbard om skredsikringstiltak i 2023.
NVEs overvakings- og varslingstenester for flaum og skred har hatt høg prioritet, og vidare utvikling av tenestene er eit kontinuerleg arbeid. Nettstaden varsom.no med tilhøyrande abonnementsløysing har gitt viktig informasjon til kommunar, andre myndigheiter og allmenta.
I 2023 sende NVE ut 124 jordskredvarsel og 274 flaumvarsel, noko som er meir enn dobbelt så mange varsel som i 2022. I tillegg var det 32 dagar med varsel om styrtregn i løpet av sommaren.
Varslingstenesta med abonnementsløysing på SMS og e-post for varsling av flaum og skred omfattar også alle landbaserte naturfarevarsel frå Meteorologisk institutt. Bruken av tenesta auka med om lag 17 prosent i 2023, og tenesta hadde om lag 18 600 unike brukarar i starten av 2024. Den største auken skjedde i løpet av august under ekstremvêret Hans.
NVE har halde fram arbeidet med å auke merksemda om snøskred. I 2023 blei det i varsom-appen innført ei ordning med forvarsel som fungerer slik at det blir sendt ut ei melding til statsforvaltarane og Statens vegvesen dersom det er venta stor snøskredfare tre til fem dagar fram i tid.
NVE samarbeider med Meteorologisk institutt og Statens vegvesen om risiko- og konsekvensbasert varsling av farleg vêr, flaum og skred. Målet er å innrette varslingstenesta slik at ein i større grad enn i dag kan varsle konsekvensar av ekstremvêr og naturfare for bustader og infrastruktur. NVE leiar eit prosjekt om risikobasert varsling av flaum, FlaumRisk, og eit om risikobasert varsling av snøskred, SnøRisk.
Beredskap ved flaum- og skredhendingar har kravd store ressursar av NVE i 2023, ikkje berre i handteringa av ekstremvêret Hans, men også ved fleire andre hendingar. NVE har ved større hendingar, særleg slike som gjeld busetnad, gitt kommunar, politi, redningstenesta og andre beredskapsmyndigheiter fagleg og praktisk bistand. Det blei løyvd ekstra midlar til krisetiltak etter ekstremvêret Hans. Det omfattande arbeidet med beredskapshandtering og krisetiltak i 2023 har medført at nokre planlagde aktivitetar har blitt utsette.
NVE har hatt normal drift på overvakinga av høgrisikoobjekta for fjellskred. Fjellskredfare blir kartlagd og følgd opp gjennom det statlege kartleggingsprogrammet for fjellskred, i samarbeid med Noregs geologiske undersøking (NGU). NVE og NGU har i 2023 arbeidd for å få ei nasjonal oversikt over fjellskredfaren.
I 2023 blei det etablert kontinuerleg overvaking av det tiande ustabile fjellpartiet med høg risiko i Noreg, Skutshorn i Vang kommune i Innlandet. Frå før var det kontinuerleg overvaking av tre objekt i Troms, tre objekt i Møre og Romsdal og tre i Vestland. Det blei også sett i gang periodisk overvaking av fleire nye objekt med middels risiko i 2023. Samla overvaker NVE no periodisk 21 objekt.
Saman med Norsk romsenter og NGU har NVE etablert eit senter for nedlasting, handtering og analyse av radardata frå satellittmålingar som er blitt implementerte i fjellskredovervakinga. NVE har laga ei felles overvakingsplattform for fjellskred for å standardisere, effektivisere og forbetre overvakinga.
Eit forprosjekt om drenering av det ustabile fjellpartiet Åknes i Stranda kommune blei ferdig i 2021. I 2023 har NVE starta nærmare utgreiing og planlegging av ei drenering av fjellpartiet.
Gjennom ulike forum for samarbeid, og ved konkrete hendingar, har NVE bidratt til godt samarbeid og god koordinering mellom aktørar på flaum- og skredområdet, mellom anna gjennom Naturfareforum og Norsk klimaservicesenter.
NVE skal bistå kommunane med å førebygge skadar frå overvatn gjennom kunnskap om avrenning i tettbygde strøk og gi rettleiing til kommunal planlegging. Ønsket om fagleg rettleiing frå kommunane på dette området er stort. NVE har prioritert kompetanse- og kapasitetsbygging, slik at kommunane skal bli betre i stand til å handtere utfordringane sjølve der det er mogleg.
Departementet vurderer det slik at NVE har bidratt til at samfunnet har fått betre evne til å handtere flaum- og skredrisiko.
Reguleringsmyndigheita for energi
Reguleringsmyndigheita for energi (RME) er reguleringsmyndigheit for kraft- og gassmarknadene i Noreg. RMEs oppgåver og ansvarsområde følger av Prop. 5 L (2017–2018) og Prop. 6 L (2017–2018), jf. Prop. 4 S (2017–2018), og tilhøyrande forskrifter til energilova og naturgasslova. Oppgåvene er knytte til oppsyn med dei nasjonale marknadene for elektrisitet og naturgass, utvikling og oppfølging av marknadsregelverket og samarbeid med andre norske myndigheiter, reguleringsmyndigheitene i andre land og internasjonale organisasjonar i samsvar med Noregs EØS-rettslege forpliktingar. RME fungerer i samsvar med dei vedtatte lov- og forskriftsendringane som ei eiga og uavhengig eining i NVEs organisasjon, med eit eige budsjett fastsett av Stortinget gjennom løyvingsvedtak, jf. kap. 1820, post 26.
Mål
RMEs hovudmål er å fremme ein samfunnsøkonomisk effektiv kraftmarknad og eit velfungerande kraftsystem. RME skal bidra til effektive kraftmarknader og effektiv drift, utnytting og utvikling av kraftnettet gjennom utvikling og handheving av regelverk. RME skal vidare delta aktivt i regionalt og europeisk regulatorsamarbeid og ha god oversikt over utviklinga i det europeiske energisystemet og over energimarknadsregelverket i EU og korleis dette påverkar den norske energimarknaden.
Resultat 2023
I 2023 har RME brukt mykje ressursar på arbeidet med å vareta norske interesser og behov på prioriterte område. Ein meir integrert kraftsektor i Norden og Europa gir behov for meir harmoniserte regelverk og metodar. Dette er eit ressurskrevjande arbeid som det er viktig at RME følger tett. I denne samanhengen har RME deltatt aktivt i dei europeiske og regionale regulatorsamarbeida ACER, CEER og NordREG med arbeid knytt til regelverksutvikling og regeltolking.
I 2021 blei fire kommisjonsforordningar under tredje energimarknadspakke innlemma i EØS-avtalen og gjennomførte i norsk rett. Etter dette regelverket skal mellom anna reguleringsmyndigheitene gjere ei rekke vedtak om godkjenning av felles løysingar som er utvikla av operatørane av kraftsystem (som Statnett) og kraftbørsar (som Nord Pool) for å vareta effektiv og sikker drift av kraftsystemet. Dette er til tekniske vilkår og metodar for drift av kraftsystemet som reguleringsmyndigheitene skal godkjenne, til dels også innanfor ACER (Agency for the Cooperation of Energy Regulators). RME deltar i slike prosessar i tråd med EØS-avtalen. I 2023 har nasjonal gjennomføring og implementering av kommisjonsforordningane med tilhøyrande vilkår og metodar vore arbeidskrevjande for RME. Arbeidet vil halde fram i 2024. I løpet av 2023 har RME gjort vedtak og godkjent ni metodar, og med det har dei redusert etterslepet på implementeringa av kommisjonsforordningane.
RME leverte i 2023 ei tilråding til departementet om endringar i forskrift om nettregulering og energimarkedet (NEM) for å innføre krav om at nettselskapa skal bruke modnadskriterium når dei vurderer førespurnader om ny eller auka nettkapasitet over 1 MW. RME foreslo også at nettselskapa skal rapportere om kor lang tid dei bruker på å knyte til kundar som ber om mindre enn 1 MW ny eller auka kapasitet, og ei formalisering av at områdekonsesjonærane skal oppfylle leveringsplikta si utan ugrunna opphald.
RME har i 2023 sett inn fleire tiltak for å bidra til effektive kraftmarknader. Dei har arbeidd mykje med nasjonal gjennomføring og implementering av kommisjonsforordningar som er sentrale for moderniseringa av kraftsystemet. Vidare har dei foreslått forskriftsendringar og gjennomført tilsyn for å sikre at eksisterande regelverk blir følgde. Samla sett vil tiltaka bidra til meir effektive kraftmarknader.
RME har endra delar av inntektsreguleringa slik at ho frå 2023 legg meir vekt på kostnadsnorma, noko som gjer at effektiv drift, utvikling og utnytting av straumnettet kjem meir i fokus. Vidare har RME arbeidd for å få meir stabile inntektsrammer, ved å endre rekalibreringa i inntektsramma.
RME har i løpet av 2023 foreslått fleire tiltak for å styrke reguleringa i sluttbrukarmarknaden. Dei har sendt departementet tilrådingar som skal styrke reaksjons- og sanksjonsmoglegheitene overfor kraftleverandørane. Vidare har dei gjennomført eit tematilsyn med alle kraftleverandørane som sel straum til hushaldskundar. Tilsynet dreidde seg om utforminga av fakturaene frå leverandørane og om rapporteringa deira til straumprisportalen strømpris.no. RME fann brot på regelverket hos 58 av 75 leverandørar. RME publiserer også statistikk om sluttbrukarmarknaden med informasjon om talet på leverandørskifte, marknadsandelar, kundar på leveringsplikt og plusskundar.
RME har hatt tett oppfølging av arbeidet dei nordiske operatørane av transmisjonssystemet (TSO-ane) gjer med implementering av flytbasert kapasitetsberekning i Norden, i samarbeid med dei andre nordiske reguleringsmyndigheitene. Etter seks månader med eksterne parallellkøyringar leverte TSO-ane i mai 2023 ein rapport med førebelse resultat om flytbasert kapasitetsberekning. RME bidrog til evalueringa av denne rapporten. Flytbasert kapasitetsberekning skal etter planen vere implementert i oktober 2024 og vil gi ei betre og meir effektiv utnytting av energisystemet.
RME har forvalta straumstønadsordninga for hushalda som blei innført i desember 2021. RME skal etter straumstønadslova føre tilsyn med ordninga og kontrollere på eit overordna nivå at utbetalingar av straumstønad er rimelege, ved månadleg utbetaling til nettselskapa. RME har hausten 2023 engasjert eit revisjonsselskap til å utføre ein revisjon av utbetalingar av straumstønad frå nettselskapa til hushalda.
Talet på avbrot blir årleg rapportert til RME. Talet viser at leveringskvaliteten har vore god – på 99,974 prosent. RME fører tilsyn med nettselskap for å sjå korleis dei følger opp kundeklagar som gjeld leveringskvalitet og saksbehandling.
RME har i 2023 vidareutvikla arbeidet med å bygge opp kompetanse på kapasitetsberekning og nettmodellar som blir nytta av den systemansvarlege, både for å kunne følge opp kapasitetsfastsettinga til den systemansvarlege og for å ha ei effektiv marknadsovervaking. RME har i 2023 godkjent fleire oppdateringar av Statnetts retningslinjer for utøvinga av systemansvaret. I tillegg har RME gjort vedtak i saker der konsesjonærar ikkje har overhalde plikter etter forskrift om systemansvaret i kraftsystemet.
RME har i løpet av året svart på fleire oppdrag frå departementet, mellom anna vurderingar av regulatoriske forhold for nett- og marknadsdesign til havs og ei delingsordning for lokal energiproduksjon som er tilpassa næringsområde.
Departementet vurderer det slik at RME i 2023 gjennom arbeidet sitt har bidratt til ein samfunnsøkonomisk effektiv kraftmarknad og eit velfungerande kraftsystem.
Kap. 1820 Noregs vassdrags- og energidirektorat
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2023 | Saldert budsjett 2024 | Forslag 2025 |
01 | Driftsutgifter | 794 621 | 899 000 | 928 000 |
21 | Spesielle driftsutgifter, kan overførast | 61 616 | 91 000 | 107 000 |
22 | Flaum- og skredførebygging, kan overførast, kan nyttast under postane 45 og 60 | 348 216 | 332 000 | 353 000 |
23 | Oppdrags- og samarbeidsverksemd, kan overførast | 47 634 | 70 000 | 60 000 |
25 | Krise- og hastetiltak i samband med flaum- og skredhendingar, kan nyttast under post 61 | 122 463 | 200 000 | 100 000 |
26 | Reguleringsmyndigheita for energi | 71 059 | 81 200 | 83 500 |
45 | Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast, kan nyttast under post 22 | 22 087 | 29 000 | 32 000 |
60 | Tilskot til flaum- og skredførebygging, kan overførast, kan nyttast under post 22 | 39 116 | 105 000 | 100 000 |
61 | Tilskot til krise- og hastetiltak i samband med flaum- og skredhendingar, kan nyttast under post 25 | 100 000 | ||
62 | Fordeling av inntekt frå avgift på vindkraft | 70 237 | 338 000 | 371 000 |
72 | Tilskot til flaum- og skredførebygging, kan overførast, kan nyttast under postane 22 og 60 | 4 000 | 6 000 | |
73 | Tilskot til utjamning av overføringstariffar | 20 000 | 18 000 | 18 000 |
74 | Tilskot til museums- og kulturminnetiltak, kan overførast | 7 000 | 7 100 | 9 100 |
75 | Stønad til hushald for ekstraordinære straumutgifter, overslagsløyving | 16 384 086 | 9 750 000 | 4 800 000 |
76 | Stønad til hushaldskundar av nærvarmeanlegg, kan overførast | 3 918 | 22 500 | 5 000 |
Sum kap. 1820 | 17 996 053 | 11 948 800 | 7 066 600 |
Om 2024
Ved Stortingets vedtak 21. juni 2024 blei post 23 redusert med 11 mill. kroner, post 25 med 100 mill. kroner, post 62 med 59,37 mill. kroner, post 75 med 4 950 mill. kroner og post 76 med 12,5 mill. kroner. Vidare blei det løyvd 100 mill. kroner på post 61, jf. Prop. 104 S (2023–2024) og Innst. 447 S (2023–2024).
Post 01 Driftsutgifter
Departementet foreslår å løyve 928 mill. kroner til lønnsutgifter og andre utgifter til drift av NVE. Lønnsrelaterte utgifter utgjer omkring 80 prosent.
Forutan lønns- og prisjustering har auken frå saldert budsjett 2024 samanheng med
innføring av innmeldingsplikta for grunnundersøkingar og naturfareutgreiingar, under dette forvaltning og drift av løysinga, jf. Prop. 90 L (2023–2024) Endringer i plan- og bygningsloven og åndsverkloven (plikt til innrapportering av grunnundersøkelser og naturfareutredninger til offentlige registre mv.)
digitalisering av tilsynsprosessar og arbeid med å godkjenne detaljplanar og tekniske planar for energi- og vassdragsanlegg før byggestart, for å legge til rette for raskare realisering av ny fornybar kraftproduksjon og nytt nett
Auken blir mellom anna motsvart av krav om gevinstuttak for reduserte husleigekostnader og overføring til Finansdepartementet knytt til at Direktoratet for forvaltning og økonomistyring skal levere lønnstenester for NVE frå 2025.
Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast
Departementet foreslår ei løyving på 107 mill. kroner og ei bestillingsfullmakt på 50 mill. kroner på posten, jf. forslag til vedtak III.
Løyvinga dekker utgifter til prosjekt som skal bidra til å auke NVEs forvaltningskompetanse og kvalitet innanfor ansvarsområdet til direktoratet. NVE samarbeider med ei rekke utdannings- og forskingsinstitusjonar både nasjonalt og internasjonalt. Dette vil også kunne omfatte ulike fagutgreiingar mv. og arbeid med havvind. Det er vidare behov for å utvikle regelverket og revidere damsikkerheitsforskrifta med tilhøyrande rettleiarar.
Løyvinga dekker også utgifter til direktoratets digitaliseringsprogram som omfattar oppgradering og vidareutvikling av IKT-systema, slik som forbetringar og vidareutvikling av mellom anna plan- og konsesjonsprosessar og funksjonalitet. Digitalisering av konsesjonsprosessen og kraftsystemutgreiingar (KSU) skal bidra til å sikre betre og meir effektiv koordinering av konsesjonsprosessen og nettutvikling på tvers av ulike nettnivå, netteigarar og myndigheiter. Auken frå saldert budsjett 2024 er mellom anna knytt til digitalisering av tilsynsprosessar og arbeid med å godkjenne detaljplanar og tekniske planar for energi- og vassdragsanlegg før byggestart, for å legge til rette for raskare realisering av ny fornybar kraftproduksjon og nytt nett.
NVE har rolla som sektorvist responsmiljø (SRM) for IKT-hendingar i kraftforsyninga og har sett ut oppgåver som varsling og analyse til KraftCERT, som støttar kraftbransjen både i førebyggande arbeid og i handtering av digitale hendingar. Det er behov for å styrke arbeidet med IKT-sikkerheit i kraftforsyninga som følge av auka omfang og fleire oppgåver, mellom anna system for sårbarheitskartlegging og -analyse.
Post 22 Flaum- og skredførebygging, kan overførast, kan nyttast under postane 45 og 60
(i 1 000 kr) | |||
---|---|---|---|
Nemning | Rekneskap 2023 | Saldert budsjett 2024 | Forslag 2025 |
Sikrings- og miljøtiltak | 250 904 | 235 000 | 245 000 |
Kartlegging av flaum og skred | 73 883 | 78 000 | 86 000 |
Fjellskredovervaking | 23 429 | 19 000 | 22 000 |
Sum post 22 | 348 216 | 332 000 | 353 000 |
Departementet foreslår å løyve 353 mill. kroner til kartlegging og andre tiltak for førebygging av flaum- og skredskadar som blir gjennomførte i regi av NVE. Vidare foreslår departementet ei bestillingsfullmakt på 330 mill. kroner, jf. forslag til vedtak III. Ordinære driftsutgifter blir dekte under post 01.
Sikrings- og miljøtiltak
Departementet foreslår å sette av 245 mill. kroner til sikrings- og miljøtiltak i regi av NVE.
Sikringstiltak er fysiske tiltak som enten skal verne eksisterande busetnad mot skredmassar og flaumvatn, hindre erosjon eller redusere sannsynet for at det blir utløyst skred. NVE prioriterer dei tiltaka som gir størst samfunnsmessig nytte i form av redusert risiko for flaum- og skredskadar i forhold til kostnaden. Alle tiltak som staten bidrar til å realisere, skal vurderast samla med sikte på ei best mogleg nasjonal prioritering innanfor den samla tilgjengelege budsjettramma.
Miljøtiltak er tiltak som mildnar verknadene av fysiske inngrep som kanalisering og forbyggingar i vassdrag. Eksempel på slike tiltak er å opne stengde sideløp og meandersvingar, etablere vegetasjon, legge ut store steinar for å skape variasjon i elva og tilføre gytegrus.
Bistand kan enten bli gitt i form av at NVE tar på seg dette arbeidet på vegner av kommunen, eller ved at kommunen får tilskot og sjølv tar på seg å greie ut, planlegge og gjennomføre arbeidet, jf. kap. 1820, post 60. Det blir normalt ikkje gitt bistand til å gjennomføre sikringstiltak som kostar mindre enn 10 mill. kroner. NVE kan normalt dekke inntil 90 prosent av kostnadene ved å gjennomføre eit sikringstiltak. Kommunen er ansvarleg for å dekke dei resterande 10 prosentane, jf. kap. 4820, post 40.
Kartlegging av flaum- og skredfare
Departementet foreslår å sette av 86 mill. kroner til kartlegging av flaum- og skredfare, og dekker mellom anna auka utgifter til samarbeid om geografisk informasjon.
Fare- og risikokartlegging gir kunnskap om kva område som er utsette, og kva konsekvensar flaum og skred kan ha. Slik kunnskap er ein føresetnad for ei systematisk og effektiv handtering av flaum- og skredrisiko.
NVE er ansvarleg for den statlege delen av farekartlegginga når det gjeld flaum og skred. Denne tar utgangspunkt i område med eksisterande busetnad der dei naturgitte forholda fører til størst risiko. Effektar av klimaendringar vil inngå i vurderingane av risiko. Kommunane vil framleis drive farekartlegging av både nyare og eldre busetnad som ein del av det ansvaret dei har for arealplanlegging og for lokal beredskap. Statlege infrastruktureigarar har som eigarar og utbyggjarar eit sjølvstendig ansvar for nødvendig kartlegging i tilknyting til anlegga sine.
Bistand kan enten bli gitt i form av at NVE tar på seg dette arbeidet på vegner av kommunen, eller ved at kommunen får tilskot og sjølv tar på seg å greie ut, planlegge og gjennomføre arbeidet, jf. kap. 1820, post 60.
Systematisk førebyggande arbeid inneber å kartlegge farane, identifisere områda med størst risiko og gjennomføre dei tiltaka som har størst nytte i forhold til kostnaden. Gode farekart som avklarar kva område som er utsette, legg fundamentet for resten av arbeidet med førebygging.
Fjellskredovervaking
Departementet foreslår å sette av 22 mill. kroner til drift, utvikling og vedlikehald av anlegg for fjellskredovervaking. For å kunne tilfredsstille nye krav i TEK 17 må NVE ha redundans på satellittovervakinga, noko som aukar utgiftene ved ny avtale med to satellittar.
NVE overvaker og har varslingsrutinar for ustabile fjellparti basert på ei systematisk kartlegging av prioriterte område. Overvaking er eit effektivt risikoreduserande tiltak. Måledata blir overførte til NVEs overvakingssenter på Stranda i Møre og Romsdal eller i Kåfjord i Troms. Formålet er å kunne varsle beredskapsmyndigheitene i god tid, slik at befolkninga kan evakuerast før det går eit fjellskred.
Det er per i dag kontinuerleg overvaking på ti ustabile fjellparti med høg risiko. Det er tre objekt i Møre og Romsdal (Åknes, Hegguraksla og Mannen), tre objekt i Troms (Jettan, Indre Nordnes og Gámanjunni 3), tre objekt i Vestland (Joasetbergi, Tussafoten og Stiksmoen) og eitt objekt i Innlandet (Skutshorn). I tillegg er det 23 ustabile fjellparti med moderat risiko som blir periodisk overvakte av NVE.
Post 23 Oppdrags- og samarbeidsverksemd, kan overførast
Departementet foreslår ei løyving på 60 mill. kroner og ei fullmakt til å overskride løyvinga mot tilsvarande meirinntekter under kap. 4820, post 02 Oppdrags- og samarbeidsinntekter, jf. forslag til vedtak II.
Løyvinga dekker utgifter til hydrologisk oppdragsverksemd og institusjonelle oppdrag, drift av hydrologiske målestasjonar for regulantar og andre kundar og til oppdragsforsking og rådgiving i Noreg og utlandet. Vidare dekker løyvinga utgifter til ein samarbeidsavtale med Norad om rådgiving innanfor vassdrags- og energisektoren, der NVE skal bidra til kompetanse- og institusjonsbygging i utvalde samarbeidsland med særleg vekt på fornybar energi og berekraftig forvaltning av naturressursar.
Det er forventa lågare aktivitet for den internasjonale oppdrags- og samarbeidsverksemda i 2025.
Post 25 Krise- og hastetiltak i samband med flaum- og skredhendingar, kan nyttast under post 61
Departementet foreslår ei løyving på 100 mill. kroner og ei bestillingsfullmakt på 200 mill. kroner på posten, jf. forslag til vedtak III.
Løyvinga dekker utgifter til krisetiltak som NVE får gjennomført på vegner av kommunar, og som er nødvendige for å hindre overhengande fare like før, under og rett etter ei flaum- eller skredhending. Det blir ikkje stilt krav om distriktsandel for krisetiltak. Løyvinga dekker også utgifter til hastetiltak som må gjennomførast raskt for å hindre eller redusere ytterlegare skadeutvikling, men der det er tid til planlegging og saksbehandling. Distriktsandelen for hastetiltak er 10 prosent, jf. kap. 4820, post 40.
På grunn av skadar etter ekstremvêret Hans har NVE gitt fleire kommunar tilsegn om tilskot til krisetiltak, jf. post 61 Tilskot til krise- og hastetiltak i samband med flaum- og skredhendingar. I tillegg gir NVE bistand gjennom planlegging, prosjektering og utføring av enkelte større tiltak.
Post 26 Reguleringsmyndigheita for energi
Reguleringsmyndigheita for energi (RME) er reguleringsmyndigheit for kraft- og gassmarknadene i Noreg. Oppgåvene deira er knytte til oppsyn med dei nasjonale marknadene for elektrisitet og naturgass, utvikling og oppfølging av marknadsregelverket og samarbeid med andre norske myndigheiter, reguleringsmyndigheitene i andre land og internasjonale organisasjonar i samsvar med Noregs EØS-rettslege forpliktingar (sjå eigen omtale).
Departementet foreslår å løyve 83,5 mill. kroner til lønnsutgifter og andre driftsutgifter til RME i 2025. Auken frå saldert budsjett 2024 har samanheng med lønns- og prisjustering. Lønnsrelaterte utgifter utgjer omkring 90 prosent.
Post 45 Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast, kan nyttast under post 22
Departementet foreslår ei løyving på 32 mill. kroner og ei fullmakt til å overskride løyvinga mot tilsvarande meirinntekter under kap. 4820, post 03 Sal av utstyr mv., jf. forslag til vedtak II.
Løyvinga dekker utgifter til større investeringar i instrumentering og utstyr til fjellskredovervaking, oppgraderingar og utvikling av det hydrologiske stasjonsnettet, urbanhydrologiske målestasjonar og målestasjonar for jord- og snøskredvarsling.
Auken frå saldert budsjett 2024 har samanheng med ei oppgradering av det hydrologiske stasjonsnettet etter at 2G-nettet blir stengt ned.
Post 60 Tilskot til flaum- og skredførebygging, kan overførast, kan nyttast under post 22
Departementet foreslår ei løyving på 100 mill. kroner og ei tilsegnsfullmakt på 350 mill. kroner, jf. forslag til vedtak IV. Forskrift om naturfaretilskot er heimla i Stortingets årlege løyvingsvedtak under posten.
Mål
Ordninga skal bidra til å
redusere faren for tap av menneskeliv og førebygge store skadar på miljø og eigedom som følge av flaum og skred
betre kunnskapsgrunnlaget om flaum- og skredfare
Frå 2025 gir ikkje NVE lenger tilskot til planlegging og gjennomføring av miljøtiltak i vassdrag for å betre vassdragsmiljøet der det har blitt vesentleg forringa av tidlegare tiltak. Formålet blir frå og med 2025 varetatt av ordningar under budsjettet til Klima- og miljødepartementet, kap. 1420 Miljødirektoratet, post 80 Tilskot til tiltak for å ta vare på natur, og kap. 1429 Riksantikvaren, post 72 Tilskot til tekniske og industrielle kulturminne.
Målgruppe, tildelingskriterium og oppfølging
Kommunar og Longyearbyen lokalstyre kan søke om tilskot til
utgreiing, planlegging, prosjektering og gjennomføring av fysiske tiltak for å redusere faren for skadar frå flaum og skred på eksisterande busetnad
andre typar risikoreduserande tiltak, slik som overvaking og varsling, der fysiske sikringstiltak ikkje har latt seg gjennomføre av praktiske eller økonomiske årsaker
kartlegging av kritiske punkt i bekker og bratte vassdrag, faresonekartlegging av flaum, faresonekartlegging av skred i bratt terreng og detaljutgreiing av kvikkleiresoner
riving og flytting av fareutsette bueiningar med personopphald i heilt spesielle tilfelle
Søknader skal prioriterast etter samfunnsøkonomiske kriterium, slik at samfunnet får mest mogleg igjen i form av redusert risiko for flaum- og skredskadar. Alle tiltak som staten bidrar til å realisere, skal vurderast samla, med sikte på ei best mogleg nasjonal prioritering innanfor den samla tilgjengelege budsjettramma. Ved prioritering av søknader skal det leggast vekt på om kommunen har gjort det som blir vurdert som rimeleg for å ta omsyn til kjende farar for flaum og skred i arealplanlegginga og byggesaksbehandlinga. Dersom det ikkje er tatt tilstrekkeleg omsyn til kjende farar, kan søknader bli avslått eller kravet om eigenandel aukast. Det same gjeld dersom flaum- eller skredfaren er ei følge av inngrep i terrenget eller andre tiltak som kommunen eller ein annan part har ansvaret for. Det blir normalt ikkje gitt tilskot til tiltak som kostar mindre enn 1 mill. kroner. NVE kan normalt gi tilskot på inntil 90 prosent av kostnadene ved eit tiltak. Kommunen er ansvarleg for å dekke dei resterande minimum 10 prosentane. NVE er ansvarleg for oppfølging og kontroll av ordninga. Ordninga blir kunngjord på nettsidene til NVE.
Resultat 2023
Det blei utbetalt om lag 39 mill. kroner i tilskot til kommunar til flaum- og skredførebygging, miljøtiltak og kartlegging av kritiske punkt i bekker og bratte vassdrag.
Dei største utbetalingane var til flaum- og skredsikring i kommunane Nordre Land, Søndre land og Sunnfjord.
Post 61 Tilskot til krise- og hastetiltak i samband med flaum- og skredhendingar, kan nyttast under post 25
Departementet foreslår å løyve 100 mill. kroner til tilskot til kommunar for å gjennomføre krise- og hastetiltak etter flaum- og skredhendingar, under dette krise- og hastetiltak etter ekstremvêret Hans.
Det visast også til forslag under kap. 1820, post 25 Krise- og hastetiltak i samband med flaum- og skredhendingar.
Mål
Ordninga skal bidra til å redusere faren for tap av menneskeliv og førebygge store skadar på miljø og eigedom som følge av flaum og skred.
Målgruppe, tildelingskriterium og oppfølging
Kommunar og Longyearbyen lokalstyre kan søke om tilskot for å dekke utgifter til:
krisetiltak som er nødvendige for å hindre overhengande fare for eksisterande busetnad rett før, under og etter ei flaum- eller skredhending. Det blir ikkje stilt krav om distriktsandel for krisetiltak.
hastetiltak som må gjennomførast raskt for å hindre eller redusere ytterlegare skadeutvikling for eksisterande busetnad. Hastetiltak skal planleggast og saksbehandlast som sikringstiltak. Distriktsandelen for hastetiltak er 10 prosent.
Søknader skal prioriterast etter samfunnsøkonomisk nytteverdi opp mot kostnadene, slik at risikoen for liv, helse og vesentlege verdiar for samfunnet blir reduserte etter flaum- og skredhendingar. Alle tiltak som staten bidrar til å realisere, skal vurderast med sikte på ei best mogleg nasjonal prioritering innanfor den samla tilgjengelege budsjettramma for krise- og hastetiltak. Om flaum- eller skredhendingar kjem som følge av inngrep i terrenget eller andre tiltak som kommunen eller ein annan part har ansvar for, kan søknader bli avslått eller kravet om distriktsandel aukast. NVE er ansvarleg for oppfølging og kontroll av ordninga. Ordninga blir kunngjord på nettsidene til NVE.
Post 62 Fordeling av inntekt frå avgift på vindkraft
Departementet foreslår å løyve 371 mill. kroner knytt til fordeling av inntekter frå avgift på landbasert vindkraft til vertskommunane.
For 2024 er avgiftssatsen 2,3 øre/kWh. Skatteetaten står for innkrevjinga av avgifta frå konsesjonærane. Året etter fordeler NVE inntektene frå fjorårets avgift til vertskommunane. Beløpet som blir fordelt, svarer til løyvinga over denne posten etter at ho er justert på bakgrunn av faktisk innbetalt avgift i førre budsjettår. Den faktisk innbetalte avgifta blir lagd fram i revidert budsjett i vårsesjonen.
Kriterium for fordeling av avgift og oppfølging
Avgiftsinntektene skal fordelast til vertskommunane året etter at avgifta er kravd inn, i tråd med ein fordelingsnøkkel utarbeidd av NVE. Fordelingsnøkkelen viser kor stor andel av den avgiftspliktige vindkraftproduksjonen som kan tilskrivast kvar enkelt kommune.
Fordelingsnøkkelen er basert på produksjonsdata for vindkraftverk i den enkelte kommunen, slik dei blir rapporterte i Elhub. Der eit vindkraftverk har turbinar i fleire kommunar, vil produksjonen bli fordelt etter ein prosentvis andel av den installerte effekten i dei respektive kommunane, slik det står i den godkjende detaljplanen. Det er ikkje høve til å klage på korleis inntektene frå vindkraftavgifta blir fordelte til vertskommunane.
Post 72 Tilskot til flaum- og skredførebygging, kan overførast, kan nyttast under postane 22 og 60
Tilskot til snøskredforsking ved Noregs geotekniske institutt (NGI) inngår frå og med 2025 i løyvinga under Forskingsrådet, jf. kap. 1850, post 73 Noregs forskingsråd. Frå 2025 gir NVE ikkje lenger tilskot til private eigarar av busetnader til planlegging og gjennomføring av flaum- og skredførebygging eller miljøtiltak langs vassdrag.
Resultat 2023
Det blei utbetalt 4 mill. kroner til snøskredforsking ved NGI. Tilskotet er brukt til kartlegging, modellering og sikring mot snøskred og til eksperiment og drift av den nasjonale forskingsinfrastrukturen på testområdet på Strynefjellet. Dette er eitt av to fullskala testområde for snøskred i verda.
Det blei ikkje utbetalt tilskot til private til flaum- og skredførebygging i 2023. Det blei gitt tilsegn om tilskot på 1,4 mill. kroner til miljøtiltak.
Post 73 Tilskot til utjamning av overføringstariffar
Departementet foreslår å løyve 18 mill. kroner i tilskot til utjamning av overføringstariffar. Tilskotsordninga er utforma slik at ho ikkje fjernar insentiva for nettselskapa til å drive effektivt og halde nettleiga på eit lågt nivå.
Mål og målgruppe
Ordninga skal bidra til å redusere forskjellar i nettleiga for kundar i distribusjonsnettet som følge av naturgitte forhold og høge overføringskostnader. Formålet med ordninga er å bidra til ein direkte reduksjon av nettleiga for sluttbrukarar som er knytte til distribusjonsnettet i dei områda av landet som har dei høgaste overføringskostnadene. Alle nettselskap som oppfyller tildelingskriteria, og som har meir enn 300 kundar i lokalt distribusjonsnett, kan få tilskot. Det er ikkje krav om søknad.
Tildelingskriterium og oppfølging
Tilskot blir gitt til dei nettselskapa med lokalt distribusjonsnett som har dei høgaste gjennomsnittlege overføringskostnadene, gitt elavgift og meirverdiavgift, og har til formål å redusere overføringstariffane til selskapa. Det blir også gjort justeringar slik at nettselskap med mange næringskundar ikkje kjem dårleg ut på grunn av avgiftsfritaka til næringskundar.
Tilskota skal reknast ut på grunnlag av den årlege økonomiske og tekniske rapporteringa (eRapp) frå nettselskapa til RME og dei fastsette satsane for elavgift og meirverdiavgift i tildelingsåret. Dei siste tilgjengelege rapporteringsdataa frå eRapp er frå rekneskapsåret to år før tildelingsåret.
Det blir fastsett ein terskelverdi for gjennomsnittlege nettkostnader, rekna ut frå størrelsen på den årlege løyvinga. Kvart distribusjonsselskap som er omfatta av ordninga, får tre firedelar av differansen mellom terskelverdien og den gjennomsnittlege nettkostnaden i selskapet. Distribusjonsselskap som ville fått ei støtte under 1 øre per kWh, er ikkje omfatta av ordninga.
Tilskotet blir trekt frå det som er den tillatne inntekta for selskapet før nettleiga blir rekna ut, og bidrar slik til ein reduksjon i nettleiga for forbrukarane. Ved oppkjøp eller fusjonar som er gjennomførte før 1. januar 2021, skal data frå det oppkjøpte/innfusjonerte selskapet takast ut av berekningsgrunnlaget for fordelinga av tilskota.
Ved oppkjøp eller fusjonar som er gjennomførte 1. januar 2021 eller seinare, skal det berekna tilskotet gå til det selskapet som har overtatt kundane til selskapet som hadde rett på tilskotet. Det berekna tilskotet kan bli utbetalt i inntil to år når det er samsvar mellom datagrunnlaget som blir brukt til berekning av tilskotet, og den nye selskapsstrukturen.
RME er ansvarleg for å tildele midlane til det enkelte distribusjonsselskapet og for å følge opp ordninga. Utjamningsmidlane blir administrerte lokalt av distribusjonsselskapa gjennom fastsettinga av nettleiga.
Resultat 2023
Det blei utbetalt 20 mill. kroner i tilskot til utjamning av overføringstariffar i 2023, fordelt på sju av totalt 78 nettselskap med lokalt distribusjonsnett med meir enn 300 kundar i Noreg per utgangen av 2023:
Innlandet: Sør-Aurdal Energi AS
Viken: Uvdal Kraftforsyning SA
Møre og Romsdal: Sandøy Energi AS
Vestfold og Telemark: DE Nett AS
Vestland: Bømlo Kraftnett AS, Modalen Kraftlag SA og Indre Hordaland Kraftnett AS
Ordninga bidrog til at 26 806 kundar fekk redusert nettleiga med mellom 1,51 og 38,08 øre/kWh i 2023. Den høgaste nettkostnaden som ikkje førte til tilskot, var 69,79 øre/kWh.
Post 74 Tilskot til museums- og kulturminnetiltak, kan overførast
Departementet foreslår å løyve 9,1 mill. kroner i tilskot til museums- og kulturminnetiltak.
Telemarkskanalen
Departementet foreslår eit tilskot på 5 mill. kroner til rehabilitering og vedlikehald av dei vassdragstekniske anlegga til Telemarkskanalen. Tilskotet skal bidra til å sikre at anlegga er i samsvar med krav etter NVEs Retningslinjer for tilsyn og revurdering av vassdragsanlegg, forskrift om sikkerhet og tilsyn med vassdragsanlegg og vassressurslova.
Resultat 2023
Det blei utbetalt 3 mill. kroner i tilskot til rehabilitering og vedlikehald av dei vassdragstekniske anlegga til Telemarkskanalen.
Kraftmuseet
Departementet foreslår eit tilskot på 2,3 mill. kroner til Kraftmuseet som skal dekke lønns- og prosjektkostnader til eitt årsverk ved museet og vedlikehald av det freda kraftanlegget Tysso I i Ullensvang kommune. Tilskotet skal bidra til å formidle og dokumentere historier om vatn og energi med hovudvekt på vasskraft, kraftoverføring, flaum, konsekvensar av inngrep og i tillegg miljøtiltak og vern av vassdrag. Vidare skal midlane brukast til drift og vidareutvikling av nettstaden kraftlandet.no, ein felles nettstad for museumssamarbeidet som dokumenterer, formidlar og aktualiserer vassdrags- og energihistoria og fortløpande publiserer ny informasjon. Midlane skal også gå til å utvikle og arrangere ulike aktivitetar for undervisningssektoren
Resultat 2023
Det blei utbetalt 2,25 mill. kroner i tilskot til dokumentasjon og formidling ved Kraftmuseet, deriblant 0,5 mill. kroner til vedlikehald av det freda kraftanlegget Tysso 1. Museet har også i 2023 bidratt til bevaring og formidling av norsk vassdrags- og energihistorie.
Anno Norsk skogmuseum
Departementet foreslår eit tilskot på 1,8 mill. kroner til Anno Norsk skogmuseum i Elverum kommune som skal dekke lønns- og prosjektkostnader til eitt årsverk ved museet. Tilskotet skal bidra til formidling og dokumentasjon av historier om vatn og energi med hovudvekt på vasskraft, kraftoverføring, flaum, konsekvensar av inngrep og i tillegg miljøtiltak og vern av vassdrag. Vidare skal midlane brukast til drift og vidareutvikling av nettstaden kraftlandet.no. Midlane skal også gå til å utvikle og arrangere ulike aktivitetar for undervisningssektoren
Resultat 2023
Det blei utbetalt 1,75 mill. kroner i tilskot til dokumentasjon og formidling ved Anno Norsk skogmuseum. Museet har også i 2023 bidratt til bevaring og formidling av norsk vassdrags- og energihistorie.
Post 75 Stønad til hushald for ekstraordinære straumutgifter, overslagsløyving
Departementet foreslår å løyve 4 800 mill. kroner til den mellombelse stønadsordninga for ekstraordinære straumutgifter i 2025. Løyvinga dekker utbetaling av straumstønad i perioden desember 2024 til november 2025.
Mål og målgruppe
Ordninga skal bidra til å redusere utgiftene til straumforbruk i den månadlege straumrekninga for private hushald dersom straumprisen overstig ein fastsett terskelverdi. Ordninga gjeld også for fellesmålt hushaldsforbruk i bustadselskap (burettslag, bustadsameige, bustadaksjeselskap mv.), hushald med fritidsbustad som fast bustad og hushald som er knytte til gards- og grendeverk med private straumnett. Ordninga gjeld ikkje fritidsbustader som ikkje er fast bustad, og næringsverksemd.
Det blir ikkje kravd søknad frå hushalda. Stønaden blir utbetalt gjennom eit fråtrekk på nettleiga.
Tildelingskriterium og oppfølging
Stønadsordninga er basert på straumprisen time for time i det prisområdet hushaldet høyrer til. Stønaden trer inn dersom spotprisen i det aktuelle prisområdet overstig ein fastsett terskelverdi. Frå og med 1. januar 2025 blir terskelverdien prisjustert frå 73 til 75 øre per kilowattime. Ordninga gir stønad for dei timane straumprisen overstig terskelverdien. Det blir ikkje gitt stønad til forbruk over 5 000 kilowattimar per månad per målepunkt. Straumstønadsordninga blir forlengd ut 2025, med ein stønadsgrad på 90 prosent. Stønad for straumforbruk i desember 2025 blir utbetalt i januar 2026.
For fellesmålt hushaldsforbruk i bustadselskap blir det ikkje gitt stønad til forbruk som overstig 5 000 kilowattimar per månad per bueining. Bustadselskapa skal rapportere overskriding av forbrukstaket til nettselskapet sitt. Bustadselskap med eit visst innslag av anna forbruk enn hushaldsforbruk skal rapportere dette til nettselskapet sitt. RME forvaltar stønadsordninga og er ansvarleg for tildelinga av stønad via det enkelte nettselskapet og for oppfølging og tilsyn med ordninga, mellom anna opplegg for oppfølging og kontroll.
Stønadssatsen bli berekna automatisk i systema til nettselskapa time for time. Nettselskapa bereknar stønaden for kvar enkelt nettkunde med rett til stønad på grunnlag av stønadssatsen og timesforbruk. RME skal også berekne og offentleggjere stønadssatsane for kvar enkelt time, slik at forbrukarane skal kunne rekne på stønadsbeløpet dei har fått utbetalt. Stønaden blir utbetalt ved at det blir gitt eit frådrag på fakturaen for nettleiga. Dersom stønadsbeløpet overstig nettleiga, vil det overskytande beløpet bli utbetalt til kundar som ikkje har gjennomfakturering (felles faktura for nettleige og straum). For kundar som har gjennomfakturering, vil stønaden bli trekt frå det samla beløpet på fakturaen frå straumleverandøren. Dette skjer ved at straumleverandøren blir kompensert av nettselskapet gjennom ein oppgjersmetode som allereie er etablert og automatisert.
Resultat 2023
Det blei utbetalt om lag 9,5 mrd. kroner i straumstønad til hushald i 2023.
Den gjennomsnittlege stønaden per hushald var størst i januar 2023, da kvart hushald i Sør-Noreg i snitt fekk 1 500 kroner i stønad. Hushald i Sørvest-Noreg (NO2) fekk mest stønad i snitt gjennom 2023, med om lag 6 500 kroner for kvart hushald. Straumstønaden bidrog til å senke den gjennomsnittlege straumprisen for hushald i Sør-Noreg med om lag 21 prosent, frå 87 til 69 øre per kilowattime.
Som følge av prisforskjellane mellom nord og sør gjennom 2023, med høgare prisar i Sør-Noreg enn i Midt- og Nord-Noreg, var det i hovudsak hushald i dei tre sørlege prisområda NO1, NO2 og NO5 som fekk straumstønad i 2023.
Post 76 Stønad til hushaldskundar av nærvarmeanlegg, kan overførast
Departementet foreslår å løyve 5 mill. kroner i tilskot til stønad til hushaldskundar av nærvarmeanlegg som baserer seg på straum. Løyvinga dekker utbetaling av stønad og administrative kostnader til drift av ordninga.
Mål og målgruppe
Ordninga skal bidra til å redusere utgiftene til varmeforbruk for private hushald knytte til nærvarmeanlegg som baserer seg på straum, dersom straumprisen overstig ein fastsett terskelverdi. Ordninga gjeld også hushaldsforbruk i bustadselskap (burettslag, bustadsameige, bustadaksjeselskap mv.). Ordninga gjeld ikkje fritidsbustader som ikkje er fast bustad, og næringsverksemd. Ordninga er søknadsbasert, og nærvarmekunden må søke NVE om stønad.
Tildelingskriterium og oppfølging
Stønadsordninga er basert på straumprisen i det prisområdet hushalda høyrer til. Stønaden trer inn dersom straumprisen i det aktuelle prisområdet overstig ein fastsett terskelverdi. Departementet forslår å prisjustere terskelverdien til ein spotpris på 75 øre per kilowattime frå og med 1. januar 2025. Med straumpris meiner ein her spotprisen i det prisområdet hushaldet høyrer til. I motsetning til den ordinære straumstønadsordninga vil nærvarmestøtta bli berekna ut frå den månadlege gjennomsnittsprisen på straum. Departementet legg til grunn ein stønadsgrad på 90 prosent i heile perioden.
For at ikkje stønadsordninga skal dekke eit usedvanleg høgt forbruk, blir det berre gitt stønad for inntil 5 000 kilowattimar per månad i straumforbruk. For fellesmålt hushaldsforbruk i bustadselskap blir det ikkje gitt stønad til forbruk som overstig 5 000 kilowattimar per månad per bueining. Bustadselskapa skal rapportere overskriding av forbrukstaket til NVE. Bustadselskap med eit visst innslag av anna forbruk enn hushaldsforbruk skal rapportere dette til NVE.
NVE forvaltar stønadsordninga og er ansvarleg for tildelinga av støtta og tilsynet med ordninga, deriblant opplegg for oppfølging og kontroll.
Resultat 2023
Det blei utbetalt 2,6 mill. kroner i nærvarmestønad for forbruk frå november 2022 til og med oktober 2023, fordelt på 55 søkarar som fekk innvilga stønad. Til saman utgjorde dette stønad til 1 579 bueiningar. I tillegg er det betalt ut 1 mill. kroner til Enova for utvikling og drift av stønadsordninga.
Kap. 4820 Noregs vassdrags- og energidirektorat
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2023 | Saldert budsjett 2024 | Forslag 2025 |
01 | Gebyrinntekter | 41 611 | 11 500 | 10 000 |
02 | Oppdrags- og samarbeidsinntekter | 54 060 | 70 000 | 60 000 |
03 | Sal av utstyr mv. | 209 | ||
10 | Refusjonar | 8 137 | ||
40 | Flaum- og skredførebygging | 37 327 | 38 000 | 20 000 |
Sum kap. 4820 | 141 344 | 119 500 | 90 000 |
Om 2024
Ved Stortingets vedtak 21. juni 2024 blei post 01 redusert med 1,5 mill. kroner og post 02 med 11 mill. kroner, jf. Prop. 104 S (2023–2024) og Innst. 447 S (2023–2024).
Post 01 Gebyrinntekter
Posten omfattar gebyrinntekter frå innhenting og kontroll av hydrologiske målingar og tilsyn med utanlandskonsesjonar.
Reduksjonen frå saldert budsjett 2024 har samanheng med ei justering som følge av at NVEs tilsynsverksemd, som fram til 2023 var budsjettert som gebyr, no blir budsjettert og kravd inn som sektoravgift, jf. kap. 5582, post 72.
Post 02 Oppdrags- og samarbeidsinntekter
Posten omfattar inntekter frå oppdrags- og samarbeidsverksemda, jf. kap. 1820, post 23.
Post 40 Flaum- og skredførebygging
Posten omfattar innbetalingar frå kommunar for utføring av sikrings- og miljøtiltak som er gjennomførte i regi av NVE, jf. omtale under kap. 1820, post 22 og 25. Praksisen hittil har vore at distriktsandelen normalt er 20 prosent for ordinære sikringstiltak og 10 prosent for hastetiltak, og at det ikkje er nokon distriktsandel for krisetiltak.
For å lette byrda for kommunar som opplever nivået på distriktsandelen som ei utfordring, forslår regjeringa å redusere distriktsandelen for ordinære sikringstiltak frå normalt 20 prosent til 10 prosent, jf. Meld. St. 27 (2023–2024) Tryggare framtid – førebudd på flaum og skred. Distriktsandelen for haste- og krisetiltak blir ikkje foreslått endra. For å unngå at distriktsandelen blir uforholdsmessig høg for kommunar ved store sikringstiltak, foreslår regjeringa også å sette ei øvre grense på distriktsandelen på 40 mill. kroner per tiltak. Endringane vil gjelde frå og med 2025. Det er lagt til grunn at prosjekt som er i gang og blir gjennomførte i regi av NVE, får redusert distriktsandel med verknad frå og med 2025.
Kap. 1825 Energieffektivisering og -omlegging
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2023 | Saldert budsjett 2024 | Forslag 2025 |
21 | Spesielle driftsutgifter, kan overførast | 15 000 | 14 000 | |
50 | Klima- og energifondet, verkemiddel for energieffektivisering | 880 000 | 1 277 000 | |
60 | Tilskot til energitiltak i kommunale bygg, kan overførast | 300 000 | 300 000 | |
Sum kap. 1825 | 1 195 000 | 1 591 000 |
Om 2024
Ved Stortingets vedtak 21. juni 2024 blei post 50 auka med 250 mill. kroner og post 60 med 50 mill. kroner, jf. Innst. 447 S (2023–2024).
Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast
Departementet foreslår å løyve 14 mill. kroner til NVE, Direktoratet for byggkvalitet (DiBK) og Husbanken for å følge opp regjeringas satsing på energieffektivisering i alle delar av norsk økonomi. NVE har oppgåver knytt til mellom anna regelverksutvikling, informasjons- og kompetanseheving, styrking av datagrunnlag, rapportering om energieffektivisering. DiBK har oppgåver knytt til regelverksutvikling og kompetanse i byggsektoren. Vidare dekker løyvinga utgifter til Husbankens forvaltning av ordninga for energitilskot i kommunale bygg.
Post 50 Klima- og energifondet, verkemiddel for energieffektivisering
Departementet foreslår ei samla løyving til Klima- og energifondet på 1 277 mill. kroner inkludert inntekter frå påslaget på nettariffen, jf. kap. 5582, post 73.
Midlane skal forvaltast i samsvar med måla og føringane i ein ny styringsavtale mellom Enova SF og Klima- og miljødepartementet. Sjå nærmare omtale av tildelings- og oppfølgingskriterium under kap. 1428 Enova SF, post 50 Overføring til Klima- og energifondet i Klima- og miljødepartementets budsjett.
Den noverande styringsavtalen mellom Klima- og miljødepartementet og Enova går ut ved utgangen av 2024. Regjeringa har sett i gang arbeidet med å utarbeide ein ny styringsavtale som skal gjelde frå 2025. Den nye avtalen vil bygge på erfaringane frå tidlegare avtalar. Det blir lagt opp til at Enova og Klima- og energifondets formål i den kommande avtaleperioden skal vere å bidra til at Noreg når klimaforpliktingane sine, og å fremme effektive klima- og energiomstillingstiltak på vegen mot lågutsleppssamfunnet. Styringsavtalen skal særleg legge til rette for utsleppsreduksjonar i innsatsfordelingsforordninga fram mot 2030. Vidare skal Enova bidra til ei effektiv energiomstilling som støttar opp om mål og satsingar i klima- og energipolitikken, og til innovasjon innanfor klima- og energiløysingar. Ein slik målstruktur varetar behovet for utsleppsreduksjonar og omstilling på både kort og lang sikt, i tillegg til å sikre at energidimensjonen blir ein viktig del av den kommande styringsavtalen.
Hushalda står for om lag 30 prosent av kraftforbruket og representerer samtidig eit stort potensial for energieffektivisering og energifleksibilitet. Endra energibruk, energieffektivisering og ny energiproduksjon i hushalda kan medverke til å styrke kraft- og effektbalansen både på kort og lang sikt, og kan samtidig medverke til å gjere det enkelte hushald mindre utsett i periodar med høge kraftprisar. Av samla løyving skal 587 mill. kroner øyremerkast til stønad til energieffektvisering i hushaldssektoren. Stønaden har som mål å auke merksemda rundt energi og handlingskompetansen i hushalda slik at dei kan treffe gode val. Stønaden kan gå til kjøp av tilgjengeleg og velprøvde teknologiar og løysingar, og det blir difor ikkje stilt krav om at stønaden skal bidra til varige marknadsendringar gjennom teknologi- og marknadsutvikling. Løyvinga er eit sentralt ledd i regjeringa si satsing på energieffektivisering.
Post 60 Tilskot til energitiltak i kommunale bygg, kan overførast
Departementet foreslår å løyve 300 mill. kroner i tilskot til energitiltak i kommunale bygg. Løyvinga er eit sentralt tiltak i regjeringa si satsing på energieffektivisering.
Mål og målgruppe
Ordninga skal bidra til gjennomføring av energieffektiviseringstiltak og tiltak for auka energifleksibilitet i kommunalt eigde utleigebustader, omsorgsbustader og sjukeheimar. Ordninga er søknadsbasert og administrert av Husbanken. Kommunar (og kommunale føretak) kan søke.
Tildelingskriterium og oppfølging
Tilskotet kan givast til energieffektiviseringstiltak i kommunalt eigde utleigebustader, omsorgsbustader og sjukeheimar. Søknader om tilskot til kommunalt eigde utleigebustader skal prioriterast. Husbanken avgjer søknader.
Kommunar som har fått tilskot til energitiltak, skal rapportere om gjennomføringa av tiltaka, talet på kommunalt eigde utleigebustader, omsorgsbustader og sjukeheimar det er sett i verk tiltak for, og forventa redusert energibehov. Det blir ikkje utbetalt tilskot før kommunane har dokumentert at tiltaka er gjennomførte. Det utbetalte tilskotet kan ikkje overstige 50 prosent av dei faktiske kostnadene.
Kap. 5582 Sektoravgifter under Energidepartementet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2023 | Saldert budsjett 2024 | Forslag 2025 |
71 | Konsesjonsavgifter frå vasskraftutbygging | 202 739 | 186 600 | 198 500 |
72 | Sektoravgifter under Noregs vassdrags- og energidirektorat | 71 751 | 140 000 | 160 500 |
73 | Påslag på nettariffen til Klima- og energifondet1 | 690 000 | ||
Sum kap. 5582 | 274 490 | 326 600 | 1 049 000 |
1 Løyvd på kap. 5578 under Klima- og miljødepartementet i 2023 og 2024.
Om 2024
Ved Stortingets vedtak 21. juni 2024 blei post 70 auka med 4 mill. kroner, post 71 med 9,4 mill. kroner og post 72 med 1,5 mill. kroner, jf. Prop. 104 S (2023–2024) og Innst. 447 S (2023–2024).
Post 71 Konsesjonsavgifter frå vasskraftutbygging
Ved konsesjonar gitt etter vassdragsreguleringslova eller industrikonsesjonslova pliktar eigarane av kraftverka å betale ei årleg avgift til staten og kommunen. Sektoravgifta til staten skal bidra til finansiering av forsking, utvikling, opplæring og informasjon på energi- og vassdragsområdet. Avgifta til staten kan i ekstraordinære tilfelle dekke utgifter til å førebygge, erstatte og bøte på skadar som følge av eller i samband med kraftutbyggingar eller reguleringar.
Anslaget på inntekter frå konsesjonsavgiftene for vasskraft er rekna ut frå eksisterande avgiftspliktige konsesjonar. Avgiftssatsane blir indeksjusterte kvart femte år med utgangspunkt i konsesjonsdatoen. I tillegg vil nye konsesjonar utløyse konsesjonsavgift.
NVE krev inn konsesjonsavgifter frå vasskraftutbygging.
Post 72 Sektoravgifter under Noregs vassdrags- og energidirektorat
NVE dekker sine kostnader relatert til tilsyn og kontroll av vassdrag, energianlegg og fjernvarme gjennom sektoravgifter, med heimel i Forskrift om sektoravgift for dekning av kostnader til NVEs tilsyns- og kontrollarbeid, kraftberedskapsforskrifta § 8‑7 og damsikkerheitsforskrifta § 8-3.
Auken i sektoravgifta frå saldert budsjett 2024 heng saman med auka kostnader til revidering av damsikkerheitsforskrifta med tilhøyrande rettleiarar og digitalisering av arbeid med å godkjenne detaljplanar og tekniske planar for energi- og vassdragsanlegg før byggestart og føre tilsyn med anlegga, for å legge til rette for raskare realisering av ny fornybar kraftproduksjon og nytt nett, jf. kap. 1820, post 01 og 21.
Sektoravgiftene blir fastsette slik at dei samla sektoravgiftene ikkje overskrid kostnadene NVE har med tilsyns- og kontrollarbeidet.
Post 73 Påslag på nettariffen til Klima- og energifondet
Omsetningskonsesjonærar (nettselskapa) som tarifferer for uttak av elektrisk energi, skal i samband med fakturering legge eit påslag på tariffen til alle sluttbrukarar på alle nettnivå.
For hushaldsbruk skal påslaget utgjere 1 øre per kWh. For andre sluttbrukarar enn hushald skal påslaget utgjere 800 kroner per år per målepunkt-ID.
Det omsetningskonsesjonærane skal betale til Klima- og energifondet, er 1 øre per kWh multiplisert med den energimengda som er fakturert hushaldsbruk, og summen av påslag per målepunkt-ID som er fakturert andre sluttbrukarar enn hushald, i gjeldande termin.
Påslaget blir innbetalt til Klima- og energifondet. Enova står for oppfølging og innkrevjing av påslaget frå nettselskapa.
Statnett SF
Statnett er det systemansvarlege nettselskapet i det norske kraftsystemet og har ansvar for å utvikle, drifte og vedlikehalde transmisjonsnettet på ein samfunnsøkonomisk rasjonell måte. Statnett har monopol på å eige og drive transmisjonsnettet i Noreg.
Selskapet har ansvar for at det til kvar tid er momentan balanse mellom produksjon og forbruk av elektrisk kraft i Noreg.
Tabell 4.1 Hovudtal for Statnett SF (i mill. kroner)
2021 | 2022 | 2023 | |
---|---|---|---|
Driftsinntekter | 14 412 | 22 993 | 11 600 |
Driftsresultat | 4 846 | 8 433 | -1 547 |
Resultat etter skatt | 3 307 | 5 949 | -2 617 |
Resultat etter skatt, justert for endring i meir-/ mindreinntekt (utbyttegrunnlaget) | 1 474 | 592 | 1 585 |
Investeringar | 6 121 | 4 985 | 6 078 |
Varige driftsmiddel | 66 767 | 68 247 | 71 119 |
Eigenkapital | 21 467 | 26 978 | 24 118 |
Eigenkapitalrentabilitet etter skatt1 | 16,4 prosent | 24,6 prosent | -10,2 prosent2 |
Eigenkapitalprosent | 25,4 prosent | 30,9 prosent | 26,7 prosent |
1 Eigenkapitalrentabilitet etter skatt = årsresultat etter skatt / gjennomsnittleg eigenkapital dei to siste åra.
2 Årsaka til den negative eigenkapitalrentabiliteten etter skatt er at driftsinntektene er blitt halverte for å balansere ut delar av meirinntekta frå året før.
Statnetts inntekter blir regulerte av RME, som årleg fastset ei tillaten inntekt. Den tillatne inntekta skal over tid dekke kostnadene ved drift og vedlikehald av nettet og gi ei rimeleg avkastning på investert kapital, gitt effektiv drift, utnytting og utvikling av nettet.
Kap. 5680 Statnett SF
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2023 | Saldert budsjett 2024 | Forslag 2025 |
85 | Utbytte | 296 000 | 744 000 | 1 660 000 |
Sum kap. 5680 | 296 000 | 744 000 | 1 660 000 |
Om 2024
Ved Stortingets vedtak 21. juni 2024 blei post 85 auka med 49 mill. kroner, jf. Prop. 104 S (2023–2024) og Innst. 447 S (2023–2024). Vedtatt utbytte for Statnett SF i føretaksmøtet for 2024 var 793 mill. kroner.
Post 85 Utbytte
Det er lagt til grunn ein utbyttepolitikk på 50 prosent. For rekneskapsåret 2024 vil eit utbytte på 50 prosent av resultatet etter skatt, justert for endring i meir-/mindreinntekt, utgjere 1 660 mill. kroner basert på siste resultatanslag (3 320 mill. kroner). Endeleg vedtak om utbytte blir gjort på føretaksmøte våren 2025 basert på faktisk resultat for 2024.
Programkategori 18.30 Klima, industri og teknologi
Utviklingstrekk
Globale utviklingstrekk gjer at energimarknadene er i endring. Kampen mot klimaendringane aukar etterspørselen etter og verdien av dei fornybare energiressursane og løysingar som kan bidra til lågare klimagassutslepp. Europa står i ei energiomstilling mellom anna som følge av klimapolitikken, og det er sett ambisiøse mål for 2030 og 2050. Også den geopolitiske situasjonen i verda påverkar energinæringane i stor grad, og energi får større strategisk og sikkerheitspolitisk betydning.
Energinæringane har i mange tiår vore Noregs største næringar og har sidan starten av førre hundreåret skapt store, positive ringverknader i form av sysselsetting, industribygging og vekst over heile landet. Energinæringane speler også ei nøkkelrolle i omstillinga til lågutsleppssamfunnet. Dei sørger for auka utbygging av fornybar energi, utsleppskutt i petroleumsproduksjonen og utvikling av nye teknologiar og lågkarbonløysingar som ein treng for å nå klimamåla. Noreg og norske aktørar har eit godt utgangspunkt for å bidra i omstillinga: Noreg har industriell, teknologisk og vitskapleg kompetanse, store fornybare ressursar og infrastruktur og erfaring frå produksjon og foredling av energi.
Regjeringa fører ein ambisiøs politikk for utsleppsreduksjonar, grøn vekst og verdiskaping i heile landet. Overgangen til eit lågutsleppssamfunn krev forsking og teknologiutvikling, effektiv ressursbruk, tilgang på kapital og andre sentrale innsatsfaktorar, og føreseielege rammevilkår.
Noreg er ikkje aleine om å skulle redusere utslepp av klimagassar på kort tid. Til liks med Noreg har både USA og EU innført finansielle verkemiddel som representerer ei stor satsing på fornybar energi, lågutsleppsteknologi og klimavennleg omstilling, og som i tillegg gjer dei mindre avhengige av å importere innsatsfaktorar.
Internasjonale marknader og godt fungerande verdikjeder for sentrale innsatsfaktorar er ein føresetnad for å lykkast med grøn omstilling globalt og for å nå målet om å auke norsk eksport utanom olje og gass. Gjennom samarbeid med andre myndigheiter og deltaking i forum og forhandlingsutval varetar vi norske interesser. Noreg har dei siste åra styrkt det internasjonale samarbeidet med andre land og EU og inngått fleire samarbeidsavtalar.
Eit velfungerande og sikkert kraftsystem er grunnleggande for å møte ein auka overgang frå fossil energi til elektrisitet og for å legge til rette for ny grøn industri. Ein stor del av dei nye grøne industrinæringane, som batteriproduksjon, produksjon av hydrogen og CO2-handtering, krev mykje kraft. Samtidig er meir bruk av elektrisk kraft til fleire formål viktige tiltak i klimapolitikken. Regjeringa sine ambisjonar om å auke kraftproduksjonen, kapasiteten og fleksibiliteten i straumnettet, og satsinga på energieffektiviseringstiltak, er viktige for å legge til rette for at dei nye næringane kan utvikle seg.
Havvindsatsinga til regjeringa er ein viktig del av innsatsen for å auke den fornybare kraftproduksjonen i Noreg. Tiltak for å integrere meir uregulerbar kraftproduksjon vil også vere viktige for å sikre effektbalansen.
I møte med større press på kraftsystemet, stor konkurranse om arbeidskrafta og mindre handlingsrom i offentlege budsjett er det enda viktigare å ha gode rammer for kva innsatsfaktorane våre skal brukast til. Det har vore ein kraftig vekst i kostnadene til industriprosjekt generelt, og fleire grøne industriprosjekt er derfor sette på vent.
Det er gjennom industridrivne prosessar dei beste prosjekta veks fram, og det er bedriftene som har ansvaret for å utnytte dei marknadsmoglegheitene som følger av behovet for omstilling. Men den grøne omstillinga av næringslivet er eit langsiktig arbeid der staten og næringslivet må spele på lag. Eit av dei viktigaste tiltaka frå regjeringa si side vil vere å legge til rette for stabile og føreseielege rammevilkår som banar veg for private investeringar og vidare vekst. Staten bidrar også betydeleg for å legge til rette for nye næringar, gjennom direktestøtte til mange store og små prosjekt og eit breitt verkemiddelapparat som bidrar med lån, garantiar og eigenkapital, støtte til forsking og teknologiutvikling og i tillegg næringsfremming og internasjonalisering.
Regjeringa er godt i gang med å følge opp ambisjonen om å tildele prosjektområde til havvind for 30 GW innan 2040. I 2024 blei den første auksjonen for prosjektområde for havvind på norsk kontinentalsokkel halden. Vinnaren blei Ventyr SN II AS med ein bodpris på 115 øre/kWh. Ventyr har inngått ein differansekontrakt med staten, fått tildelt prosjektområdet og sendt inn melding om forslag til eit prosjektspesifikt utgreiingsprogram som har vore på høyring. Under differansekontrakten er staten forplikta til å gi støtte til fornybar energiproduksjon, men slik at dei samla statlege forpliktingane ikkje overstig ei kostnadsramme på 23 mrd. 2023-kroner, jf. Vedlegg 1 Vedtak frå tidlegare år som gjeld utan tidsavgrensing.
2023 var eit rekordår for ny installert kapasitet frå havvind i Europa med 3,8 GW ny kapasitet installert, ein auke på 24 prosent frå året før. Totalt var det 34 GW installert kapasitet i drift i Europa, medan det globalt var 75,2 GW i drift. Ambisjonane for havvind i Europa framover er betydelege, og landa rundt Nordsjøen har samla ambisjonar om 300 GW frå havvind i Nordsjøen innan 2050. Det meste av dagens havvindkapasitet i Europa ligg i Nordsjøen, og Nordsjøen vil også stå for hovuddelen av den nye kapasiteten fram mot 2050.
Dei siste tiåra har kostnadene for havvind gått ned. Dei siste åra, derimot, har kostnadene auka mellom anna som følge av forstyrringar og press i leverandørkjeder, auka råvareprisar, inflasjon og auka renter. Det er brei konsensus i analysemiljøa om at utviklinga vil snu tilbake, men det er vanskeleg å vite akkurat når det vil skje.2
I 2023 leverte NVE, saman med ei direktoratsgruppe, forslag til 20 område som kan eigne seg for vindkraft til havs. Departementet inkluderte alle 20 områda i det videre arbeidet. NVE greier ut Vestavind B saman med Vestavind F og Sørvest F med sikte på utlysing i 2025, medan dei resterande 17 områda blir greidde ut med sikte på eventuell opning og tildeling i seinare tildelingsrundar.
Neste runde med utlysning av prosjektområde er planlagd i 2025 og regjeringa foreslår eit støtteprogram for flytande havvind i områda Vestavind F og Vestavind B, jf. nærmare omtale i kapittel 10 i del III av proposisjonen. Støtteprogrammet skal medverke vesentleg til utviklinga av flytande havvind. Regjeringa foreslår no ei fullmakt med kostnadsramme på 35 mrd. kroner (2025-kroner). Regjeringa legg vidare opp til jamlege utlysingar av areal og støttekonkurransar. Det vil bli vurdert og tatt stilling til statsstøtte i samband med utlysingsrundane.
Regjeringa har som mål å medverke til å bygge opp samanhengande verdikjeder for hydrogen produsert utan eller med låge utslepp. Regjeringa vil også medverke til utvikling av ein hydrogenmarknad i Europa, mellom anna gjennom å delta i relevante samarbeidsforum, europeisk regelverksutforming, forskingssamarbeid og bilateralt samarbeid med relevante land og gjennom å skape ein nasjonal marknad for hydrogen.
Hydrogen produsert utan eller med låge utslepp kan ha potensial til å kutte utslepp i sektorar der mellom anna direkte elektrifisering ikkje er eit alternativ, eller som innsatsfaktor i industriprosessar. Hydrogen vil også kunne tilby fleksibilitet i kraftsystem med ein aukande del produksjon av variabel fornybar kraft. Dagens hydrogenproduksjon er i hovudsak knytt til interne prosessar på industrianlegg (produksjon for eigen bruk), som raffineri. Hydrogenforbruket i verda er i dag om lag 95 mill. tonn, eller om lag 2 prosent, av det samla globale energiforbruket. Nesten alt blir produsert frå naturgass eller annan fossil energi utan fangst og lagring av CO2, såkalla grått hydrogen. Mindre enn 1 prosent er basert på hydrogen produsert utan eller med låge utslepp.
Mange land har store ambisjonar for bruk og produksjon av hydrogen utan eller med låge utslepp. EU har ambisjonar om å utvikle ein hydrogenøkonomi i Europa. Målet er at det skal brukast 20 mill. tonn hydrogen i året innan 2030, og at halvparten skal komme frå import. For å følge opp ambisjonane har EU sett i gang utvikling av regelverk og rammer for hydrogenøkonomien. I 2023 vedtok dei hydrogen- og avkarboniseringspakken, som omfattar ei forordning og eit direktiv som mellom anna fastset felles reglar for ein framtidig hydrogenmarknad. I 2023 fastsette EU også reglar for kva som skal kunne reknast som fornybart hydrogen (såkalla RFNBO – renewable fuels of non-biological origin) under fornybardirektivet. Både i EU og i mange andre land er det oppretta støtteordningar for å medverke til utviklinga av ein marknad for hydrogen produsert utan eller med låge utslepp.
Likevel har utviklinga gått seinare enn mange hadde venta. Bruk og produksjon av hydrogen utan eller med låge utslepp er svært kostbart og inneber vesentlege energitap. I tillegg står utfordringar knytte til sikkerheit og tekniske løysingar i vegen for meir utbreidd bruk av hydrogen. Det er også stor uvisse om den framtidige marknaden for hydrogen. I over 1 400 planlagde hydrogenprosjekt globalt har berre om lag 7 prosent av dei samla annonserte investeringane blitt endeleg avgjorde. Trass i betydeleg offentleg støtte har det for mange prosjekt vore krevjande å ta ei investeringsavgjerd, slik at dei kan realiserast. Framskrivingane for 2030 når det gjeld produksjon og bruk i Europa, er derfor justerte ned av fleire analysemiljø, mellom anna IEA.
For å bygge opp under målet om å utvikle ein marknad og verdikjeder for hydrogen bidrar regjeringa i dag gjennom ei rekke verkemiddel, mellom anna støtte til forsking, utvikling og demonstrasjon og til etablering av knutepunkt og infrastruktur. Det blir også stilt krav til offentlege innkjøp. Dette har mellom anna medverka til å realisere verdas første hydrogendrivne passasjerferje, M/F Hydra. Ferja hadde jomfruturen sin på strekninga mellom Hjelmeland og Nesvik i Rogaland i mars 2023. Det er mange prosjekt over heile landet som planlegg å produsere, distribuere og bruke hydrogen som er produsert utan eller med låge utslepp. Dei fleste av dei er i startfasen og har fått støtte frå staten gjennom ulike ordningar. I perioden 2021–2023 blei det gitt tilskot på om lag 5,3 mrd. kroner til hydrogenformål gjennom Enova, Forskingsrådet og Innovasjon Noreg. Sidan 2015 har det blitt gitt tilskot på om lag 7 mrd. kroner, som vil kunne utløyse investeringar for 10,1 mrd. kroner dersom prosjekta blir realiserte. Enova oppretta i 2023 nye støtteprogram for hydrogenknutepunkt og ammoniakk i fartøy, der støttegraden er på inntil 80 prosent av investeringskostnadene. Målet for ordningane er å bidra til utviklinga av verdikjeder for hydrogen og ammoniakk langs heile kysten. Hydrogenproduksjon er også blant næringane som i dag kan få CO2-kompensasjon.
Noreg er leiande innanfor industrielle løysingar for fangst og lagring av CO2. Denne teknologien er nødvendig for at vi skal kunne nå klimamåla og kutte dei globale klimagassutsleppa på ein kostnadseffektiv måte. Demonstrasjonsprosjektet Langskip er under bygging og blir forventa å vere i drift i 2025. Forventa totalkostnader for Langskip er 30,3 mrd. 2024-kroner, der det statlege bidraget blir anslått til 20,5 mrd. 2024-kroner. CO2-fangstanlegget på sementfabrikken til Heidelberg Materials i Brevik er 88 prosent ferdig bygd per september 2024, og transport- og lagerløysinga til Northern Lights blir ferdigstilt i løpet av hausten. Northern Lights har inngått bindande kommersielle avtalar med Ørsted, som vil fange CO2 frå biokraftvarmeverk i Danmark, og Yara International, som vil fange CO2 frå ammoniakkproduksjonen i Sluiskil i Nederland, for permanent lagring i Noreg.
Stadig fleire land satsar på CO2-handtering, inkludert gjennom støtteregime for fangstprosjekt. Dette gir teknologiutvikling, stordriftsfordelar og reduserte kostnader. Europakommisjonen prioriterer temaet høgt og lanserte tidlegare i år ein strategi for industriell CO2-handtering. Norske CO2-lager kan ta imot store europeiske utslepp. Det er stor interesse frå industrielle aktørar for å utvikle kommersielle CO2-lagerprosjekt på norsk sokkel, og departementet deler ut løyve til lagring av CO2 fortløpande.
Det er i mange år satsa store offentlege ressursar på å utvikle ny kunnskap, ny teknologi og nye løysingar for å auke verdiskapinga og redusere klimagassutsleppa frå energi- og petroleumsverksemda. Denne langsiktige satsinga har blitt viktig for utviklinga av energi- og petroleumsnæringa i Noreg og har mellom anna ført til at Noreg er verdsleiande innanfor anlegg for produksjon av olje og gass under vatn og innanfor teknologi og løysingar for havvind og CO2-handtering. Forskinga skal mellom anna bidra til å auke fornybar energiproduksjon og erstatte fossil energi med fornybare energikjelder og energiberarar som hydrogen produsert utan eller med låge utslepp. Forskinga skal også bidra til å redusere klimagassutsleppa frå produksjon og bruk av fossile energikjelder. Ein analyse frå 2022 viser at 68 prosent av petroleumsprosjekta som har fått støtte frå Noregs forskingsråd i perioden 2018–2021, utviklar kunnskap og teknologi som kan gi lågare utslepp av klimagassar.
Den langsiktige og omfattande satsinga på forsking og utvikling innanfor energi og petroleum har resultert i internasjonalt konkurransedyktige bedrifter og forskings- og teknologimiljø i Noreg. Satsinga på energiforsking harmonerer godt med satsinga i EU og elles i verda. Norske universitet, institutt og bedrifter gjer det svært godt i klima-, energi- og mobilitetsdelen av det europeiske forskingsprogrammet Horisont Europa. Per mai 2024 har norske deltakarar fått 229 mill. euro (om lag 2,7 mrd. kroner i dagens valutakurs) i prosjektstøtte som dekker desse fag- og næringsområda. 32 prosent av alle søknader med norsk deltaking har blitt innstilte for finansiering, altså kvart tredje prosjekt som Noreg er involvert i. Dette er signifikant høgare enn gjennomsnittet for alle land som deltar i Horisont Europa.
Noreg vil ha ei stegvis, forsvarleg og kunnskapsbasert utvikling av havbotnmineralverksemda på norsk kontinentalsokkel. Omsynet til miljø og sikkerheit skal varetakast i alle fasar av verksemda. Å opne område for havbotnmineralverksemd fører til eit auka behov for forsking og utvikling av kunnskap om det biologiske mangfaldet på havbotnen og kva konsekvensar eventuell utvinning av minerala kan ha for havmiljøet.
Mission Innovation (MI) er eit av dei viktigaste internasjonale forskingssamarbeida Noreg er med i, forutan EU-samarbeidet. I MI fokuserer Noreg på utvikling av hydrogen som rein energiberar, fangst og lagring av CO2 frå atmosfæren og teknologi og løysingar for å redusere utslepp frå skip som går i utanriksfart på djupt vann.
Det blei utnemnt åtte nye forskingssenter for miljøvenleg energi (FME) våren 2024. Samtidig avsluttar åtte forskingssenter som fekk tildelt midlar for åtte år sidan, verksemda si i 2024 og 2025. Dei nye teknologisk retta FME-ane får kvar 120–180 mill. kroner fordelte over åtte år og skal bidra til å løyse sentrale utfordringar på energi- og klimaområdet og styrke innovasjonsevna til norsk næringsliv.
Leverandørindustrien i den norske fornybarnæringa har auka omsetninga over tid, og dei internasjonale marknadene har stått for ein stor del av auken. Ifølge rapporten Kartlegging av de norskbaserte næringene for fornybar energi og hydrogen i 2022, utarbeidd av Multiconsult, gjeld dette særleg for havvind og solkraft. Havvind hadde ei total omsetning på om lag 35 mrd. kroner i 2022, ein auke på nær 20 prosent frå 2021. Internasjonal omsetning stod for 27,6 mrd. kroner, ein auke på nær 10 prosent frå 2021. Solenergi omsette for totalt 11 mrd. kroner i 2022. Av dette utgjorde den nasjonale omsetninga 3,4 mrd. kroner, men med ein auke på heile 74 prosent samanlikna med året før. Vasskraftsektoren heldt seg på omtrent same nivået som i 2021, med ei omsetning på 10,4 mrd. kroner. Bioenergi heldt seg stabilt på 4 mrd. kroner i omsetning i 2022. Landbasert vindkraft nådde ein førebels topp i 2020, og omsetninga gjekk ytterlegare ned i 2022. Den totale omsetninga var på 11 mrd. kroner, ein nedgang på 24 prosent frå 2021.
Den petroleumsretta delen av den norskbaserte leverandørindustrien omsette ifølge Menon Economics for totalt 400 mrd. kroner i 2022. Nær 300 mrd. kroner blei omsette i heimemarknaden, og den internasjonale omsetninga var på totalt på 118 mrd. kroner. Av dette var 88 mrd. kroner eksport, medan omkring 30 mrd. kroner var inntekter frå dotterselskap i utlandet. Nivået var om lag det same som i 2021.
Hovudmål
Regjeringa legg til rette for nye næringar som havvind, hydrogen og CO2-handtering som ein del av omstillinga av økonomien til eit lågutsleppssamfunn. Regjeringa vil legge til rette for at Noreg skal bidra aktivt til, og dra nytte av, den globale energiomstillinga som er nødvendig for at verda og Noreg når klimamåla.
Det er eit hovudprinsipp for ei grøn dreiing av det næringsretta verkemiddelapparatet at prosjekt som får støtte, skal ha ein plass på vegen mot Noregs forpliktingar under Parisavtalen og lågutsleppssamfunnet i 2050. Prinsippet femnar både prosjekt med ein nøytral effekt og prosjekt med ein positiv effekt på den grøne omstillinga og er for eksempel ikkje til hinder for å støtte gode prosjekt i petroleumsnæringa.
Nye næringar baserte på energiressursane
Som ein del av arbeidet med å omstille økonomien har regjeringa lansert eit oppdatert vegkart for grønt industriløft som skal bidra til å skape verdiar og lønnsame og attraktive jobbar i heile landet, auke dei grøne investeringane, styrke eksporten og kutte klimagassutsleppa. I vegkartet peikar regjeringa på fleire innsatsområde. Energidepartementet har eit særleg ansvar for arbeidet med hydrogen, havvind og CO2-handtering. Nok tilgang på kraft er også ein føresetnad for å lykkast med eit grønt industriløft.
Regjeringa har ein ambisjon om å bidra til å bygge opp ei samanhengande verdikjede for hydrogen produsert utan eller med låge utslepp, der produksjon, distribusjon og bruk blir utvikla parallelt. Regjeringa ønsker også å bidra til utviklinga av ein marknad for hydrogen i Europa. Det finst i dag mange norske hydrogen- og ammoniakkprosjekt. Dei fleste er i startfasen og har fått støtte frå staten gjennom ulike ordningar. For å nå ambisjonane bidrar staten gjennom ei lang rekke verkemiddel, mellom anna støtte til forsking, teknologiutvikling og demonstrasjon og til etablering av knutepunkt og infrastruktur og gjennom krav til offentlege innkjøp.
Regjeringa sitt mål for arbeidet med havvind er industriutvikling, tilrettelegging for innovasjon og teknologiutvikling og at havvind skal bidra til meir utsleppsfri kraftproduksjon i Noreg. Regjeringa har ein ambisjon om å tildele areal med potensial for 30 GW havvindproduksjon på norsk sokkel innan 2040. Regjeringa planlegg for neste utlysingsrunde av prosjektområde for havvind i 2025.
Regjeringa vil halde fram med å fremme CO2-fangst og -lagring som eit viktig klimatiltak internasjonalt. Langskip er ein sentral del av regjeringa sin politikk for CO2-handtering og ein del av Noregs bidrag til å utvikle nødvendige klimateknologiar. Ved å realisere Langskip går Noreg føre, demonstrerer ei heil kjede og investerer i ein CO2-lagerinfrastruktur som kan nyttast av industriselskap i andre land. Prosjektet skal vise at CO2-handtering er trygt og mogleg, og legg til rette for læring og kostnadsreduksjonar for etterfølgande prosjekt. Nye anlegg i Europa og verda elles er ein føresetnad for at CO2-handtering skal kunne bli eit effektivt og konkurransedyktig klimatiltak. Northern Lights har inngått langsiktige kommersielle avtalar for å lagre CO2 frå Ørsted i Danmark og Yara i Nederland.
Regjeringas tiltak for å fremme CO2-handtering omfattar eit breitt spekter av aktivitetar, inkludert forsking, utvikling og demonstrasjon, i tillegg til internasjonalt arbeid. CLIMIT-programmet for forsking, utvikling og demonstrasjon av teknologi for CO2-handtering og ordninga med forskingssenter for miljøvennleg energi (FME) er særleg sentrale verkemiddel. Vidare fekk Gassnova i 2024 i oppdrag frå Energidepartementet å utarbeide eit vegkart som beskriv korleis CO2-handtering kan bidra til å redusere utsleppa frå landbasert industri og avfallsforbrenningsanlegg fram til 2050. Enova, Miljødirektoratet og andre relevante statlege aktørar vil involverast i dette arbeidet.
Regjeringa vil halde fram med å fremme CO2-handtering som eit viktig bidrag til å kutte utslepp i Noreg. CO2-handtering kan bli viktig når Noreg skal redusere klimagassutsleppa og omstille økonomien til lågutsleppssamfunnet innan 2050. Industrien skriv i Prosess21 sin CO2-handteringsrapport at CO2-handtering er viktig for at landbasert industri skal vere konkurransedyktig i åra som kjem. Miljødirektoratet vurderer at CO2-handtering er det enkelttiltaket som kan gi størst reduksjon av CO2-utslepp frå landbasert industri og avfallssektoren i Noreg. Miljødirektoratets rapport Klimatiltak i Norge – kunnskapsgrunnlag 2024 viser eit teknisk utsleppsreduksjonspotensial på 5,4 mill. tonn CO2-ekvivalentar i 2035 ved bruk av CCS på industrianlegg og avfallsforbrenningsanlegg og ved fangst og lagring av CO2 frå omgivnadsluft (DAC).
I 2023–2024 har Oslo Economics og SINTEF Energi greidd ut verkemiddel som kan legge til rette for CO2-fangst i norsk industri og avfallsforbrenning. Utgreiinga peikar på at det eksisterer fleire barrierar og markedssviktar i verdikjedene for CCS, mellom anna knytte til kostnader. Om ein skal legge til rette for at fleire CO2-fangstanlegg kjem raskt på plass meiner utreiarane derfor at det er behov for forsterka statlege verkemiddel. Ifølge utgreiinga er det føretrekte verkemiddelet på sikt ei marknadsbasert finansiering av slike tiltak gjennom tilstrekkeleg høge CO2-prisar, fortrinnsvis innanfor EU ETS. Sidan desse prisane førebels er for låge og lite føreseielege set opp mot kostnadene ved CO2-handtering, og ikkje gir insentiv til fjerning av biogene utslepp, tilrår utgreiinga ei mellombels subsidieordning som likebehandlar fossile og biogene utslepp. For rask realisering av CO2-fangstprosjekt tilrår utgreiinga dessutan at staten bør bidra til eit koordinert innkjøp av lager- og transporttenester. Regjeringa vil følge opp utgreiinga nærmare, inkludert ved å vurdere å innføre mellombelse verkemiddel som reduserer barrierane og marknadssviktane i verdikjeda for CO2-handtering.
Energinæringane – eksport, forsking og utvikling
Forsking, teknologiutvikling og demonstrasjon har som hovudmål å bidra til større verdiskaping og sikker, kostnadseffektiv og berekraftig utnytting av energi- og petroleumsressursane i eit lågutsleppssamfunn.
Regjeringa vil halde fram med å satse på energi- og petroleumsforsking, mellom anna for å kunne nå måla om reduserte klimagassutslepp i Noreg i 2030 og 2050, og for å nå måla for omstilling, nye grøne næringar og større eksportinntekter. Vidare skal forsking og utvikling bidra til å vidareutvikle næringane og gjere dei lønnsame også i framtida. Forsking og utvikling skal også bidra til å utvikle kunnskapsgrunnlaget om sikkerheit, sikring, arbeidsmiljø, arbeidshelse og risikoforhold i petroleumsnæringa.
Forskings- og utviklingsinnsatsen har følgande delmål:
bidra til langsiktig kunnskaps- og teknologiutvikling
fremme konkurranseevne og auka verdiskaping i energi- og petroleumsnæringane i Noreg
bidra med teknologi og løysingar som legg til rette for eit lågutsleppssamfunn innan 2050
bidra med ny kompetanse, teknologi og innovasjonar som forbetrar HMS og sikring i petroleumsnæringa
Forskingsinnsatsen og teknologiutviklinga skal ha føreseielege rammevilkår og vere langsiktig og samtidig tilpassingsdyktig til nye behov og endringar i samfunnet. Offentleg støtte skal forsterke og utløyse auka aktivitet i næringane si eiga satsing på FoU. Midlane skal gå til prosjekt med samfunnsøkonomisk nytte som ikkje ville blitt realiserte eller realiserte i mindre omfang utan støtte.
Som ein del av eksportløftet «Hele Norge eksporterer» har regjeringa sett i verk tiltak som kan bidra til at Noreg når målet om å auke eksporten utanom olje og gass. Havvind er den første sektorsatsinga. Innovasjon Noreg og Norwegian Energy Partners (NORWEP) er sentrale verkemiddel i denne satsinga.
For å få best mogleg effekt av dei samla ressursane trengst eit godt samarbeid på tvers av verkemiddelaktørane. Det er også viktig at næringslivet sjølv held fram med å bidra både finansielt og med faglege ressursar, slik at innsatsen blir gjord ut frå dei samla marknadsprioriteringane til næringslivet.
Tabell 4.2 Oversikt over sentrale strategiar og verkemiddelaktørar
Verkemiddel | Formål |
---|---|
Nytt strategiorgan for forsking og innovasjon på energiområdet (førebels kalla Energi2050) | Energidepartementet har vedtatt å utvikle ein samla FoU-strategi for heile energiområdet som dekker både energi, petroleum, CO2-handtering og havbotnmineralverksemd. Eit strategistyre vil bli etablert i starten av 2025, med mandat frå Energidepartementet, for å utvikle ein strategi som skal erstatte Energi21 og OG21. Fram til den nye, felles strategien er etablert, vil tilrådingane og prioriteringane i Energi21 og OG21 gjelde. Energi21 gir råd om tematisk og finansiell satsing på forsking og innovasjon innanfor fornybar energi og klimavennlege energiteknologiar. OG21 gir råd om prioriterte teknologiområde som vil vere avgjerande for den vidare utviklinga av petroleumsaktiviteten. |
Noregs forskingsråd | Forskingsrådet har ansvar for å auke kunnskapsgrunnlaget og bidra til å dekke det behovet samfunnet har for forsking og teknologiutvikling, ved å fremme grunnleggande og anvend forsking og innovasjon. Forskingsrådet, som er underlagt Kunnskapsdepartementet, har fem mål:
Den samla måloppnåinga for verksemda og økonomisituasjonen i Noregs forskingsråd er omtalt i budsjettproposisjonen for Kunnskapsdepartementet for 2025. |
Gassnova SF | Gassnova SF skal fremme teknologiutvikling og kompetanseoppbygging for kostnadseffektive og framtidsretta løysingar for fangst, transport og lagring av CO2. |
Enova SF | Enova skal bidra til at Noreg oppfyller klimaforpliktingane sine, og til omstillinga til lågutsleppssamfunnet. Aktiviteten i Enova skal rettast mot seinfase teknologiutvikling og tidleg marknadsintroduksjon, med sikte på å oppnå varige marknadsendringar slik at løysingar som er tilpassa lågutsleppssamfunnet, på sikt blir føretrekte utan støtte. Aktiviteten kan rettast inn mot alle sektorar. |
Nordisk Energiforsking | Nordisk Energiforsking støttar opp under det nordiske energisamarbeidet gjennom å finansiere og fremme nordisk forskingssamarbeid og skape eit forskingsbasert grunnlag for energipolitiske avgjerder. Nordisk Energiforsking blir finansiert i fellesskap av dei nordiske landa og ligg under Nordisk ministerråd. |
Teknologisenter Mongstad | Teknologisenter Mongstad skal bidra til teknologiutvikling og kvalifisering av teknologi for større utbreiing av CO2-fangst globalt og for reduksjon i kostnader og risiko ved fullskala CO2-fangst. |
Langskip | Langskip-prosjektet skal demonstrere at CO2-handtering er trygt og mogleg, og i tillegg legge til rette for læring og kostnadsreduksjonar for etterfølgande prosjekt i Europa og verda. |
Norwegian Energy Partners | Norwegian Energy Partners skal styrke det langsiktige grunnlaget for norsk verdiskaping og sysselsetting i energirelaterte verksemder ved å legge til rette for internasjonal forretningsutvikling. |
Nasjonalt eksportråd | Eksportrådet skal bidra til å samle dei ulike verkemiddelaktørane som jobbar med eksportnæringane, gi innspel til større satsingar på eksportfremming og gi regjeringa råd om ei strategisk innretning på eksportarbeidet. Rådet består av representantar frå næringslivet og partane i arbeidslivet. |
Team Norway | Team Norway er eit nettverksbasert samarbeid mellom ulike offentlege og private aktørar som jobbar for å fremme norske næringsinteresser internasjonalt. |
Energidepartementets mål og oppgåver
Energidepartementet vil i 2025 arbeide med å følge opp regjeringa sin politikk for klima, industri og teknologi innanfor ansvarsområda sine, jf. Meld. St. 11 (2021–2022) Tilleggsmelding til Meld. St. 36 (2020–2021) Energi til arbeid – langsiktig verdiskaping fra norske energiressurser. Satsingane på havvind, hydrogen og CO2-handtering står sentralt i denne samanhengen.
Havvind
Regjeringa har ein ambisjon om å tildele areal med kapasitet til 30 GW havvind på norsk sokkel innan 2040. Departementet vil arbeide for at satsinga bidrar til industriutvikling, tilrettelegging for innovasjon og teknologiutvikling og til meir utsleppsfri kraftproduksjon i Noreg.
I 2025 planlegg departementet å lyse ut den neste runden med prosjektområde for havvind i Noreg. Departementet vil førebu utlysinga og mellom anna følge opp arbeidet med ei støtteordning for flytande havvind i områda som etter planen skal inkluderast i utlysinga i 2025. Departementet vil også følge opp dei strategiske konsekvensutgreiingane som NVE no gjennomfører av område som er aktuelle for fornybar energiproduksjon til havs, og vurdere eventuell opning av nye område for utbygging av havvind.
I kapittel 10 Oppfølging av oppmodingsvedtak om støtteprogram for flytande havvind, i del III av proposisjonen, blir det gjort greie for oppfølginga av Stortingets oppmodingsvedtak 911 frå 21. juni 2024. Departementet foreslår eit støtteprogram for flytande havvind i områda Vestavind F og Vestavind B. Regjeringa foreslår no ei fullmakt med kostnadsramme på 35 mrd. kroner (2025-kroner), jf. forslag til vedtak V. Den økonomiske ramma vil bli inflasjonsjustert. Departementet vurderer at ei slik ramme for den første konkurransen er eit utrykk for betalingsviljen til staten, og vil legge til rette for vesentleg utvikling av flytande havvind. Den vidare teknologiutviklinga og kostnadsbiletet for flytande havvind er usikkert. Kor mykje havvind som blir realisert innanfor ramma vil avgjerast gjennom ein auksjon og vil mellom anna avhenge av den vidare kostnadsutviklinga, prosjektmodninga og avkastningskrava til selskapa.
Departementet vil ferdigstille innretninga av støtteprogrammet basert på mellom anna høyringsinnspel frå den offentlege høyringa og ESA-notifiseringa, jf. kapittel 10 Oppfølging av oppmodingsvedtak om støtteprogram for flytande havvind, i del III av proposisjonen. Sjølve støttekonkurransen vil bli halden på eit seinare tidspunkt, etter ein modningsfase. Det er nødvendig å ha klarheit i rammene for støttekonkurransen i samband med utlysinga av område, slik at forholda blir føreseielege for selskapa. Forslaget til ei økonomisk ramme for støtte på 35 mrd. 2025-kroner vil gjere det mogleg å gå raskt vidare med utlysing og tildeling så snart det endelege støtteprogrammet er utarbeidd og godkjent av ESA. Departementet tar atterhald om endringar som følger av prosessar som er i gang, og særleg notifisering av statsstøtta til ESA, jf. kapittel 10 Oppfølging av oppmodingsvedtak om støtteprogram for flytande havvind, i del III av proposisjonen.
I utvikling av havvind er det viktig å samarbeide med andre land. Departementet vil halde fram med å vere ein aktiv deltakar i Nordsjøsamarbeidet (NSEC), som er ein sentral arena for samarbeid om utvikling av havvind i Nordsjøbassenget. Departementet har også dialog med myndigheitene i andre land og EU om utviklinga av havvind og regelverk for havvind.
Departementet vil i samarbeid med NORWEP arbeide for å realisere vekstpotensialet innanfor internasjonal omsetning og eksport av norske havvindløysingar.
CO2-handtering
Energidepartementet skal legge til rette for utvikling av teknologi for fangst, transport og geologisk lagring eller alternativ bruk av CO2, som reduserer utslepp av klimagassar og bidrar til utbreiing av CO2-handtering internasjonalt.
Departementet skal, saman med utanrikstenesta, andre departement, Noregs forskingsråd og Gassnova, arbeide for å fremme fangst og lagring av CO2 internasjonalt. Vidare skal departementet arbeide tett med EU og delta i internasjonalt samarbeid for å dele kunnskap om CO2-handtering og bidra til utviklinga av rammer og regelverk for fangst og lagring av CO2.
Departementet vil i 2025 halde fram med å følge opp Langskip og arbeidet med å realisere gevinstar frå prosjektet. Langskip er venta å starte fangst av CO2 frå sementfabrikken til Heidelberg Materials i Brevik i 2025. Transport- og lagerprosjektet til Northern Lights er klart for å ta imot CO2 hausten 2024. Hafslund Celsio har sett CO2-fangstprosjektet sitt på vent for å redusere kostnadene. Selskapet har lagt fram eit nytt prosjektgrunnlag som departementet vil vurdere i løpet av hausten 2024. Prosjektgrunnlaget må kvalitetssikrast før departementet tar stilling til om prosjektet skal vidareførast. Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte dersom regjeringa meiner det er behov for eventuelle endringar i tilskotsavtalen.
Departementet vil følge opp utgreiinga av verkemiddel for CO2-handtering på avfallsforbrenning og i industrien, inkludert vurdere mellombelse verkemiddel som reduserer barrierane og marknadssviktane i verdikjeda.
Teknologisenter Mongstad (TCM) er verdas største og mest fleksible testsenter for CO2-fangstteknologi. Staten, gjennom Gassnova SF, signerte i fjor ein forlengd avtale om eigarskap og drift av selskapet for perioden 2024–2025 med Equinor, TotalEnergies og Shell. Framover vil departementet følge opp Gassnova og arbeidet til dei industrielle eigarane med å lage ein plan for å etablere ein langsiktig og berekraftig forretningsmodell for teknologisenteret.
Hydrogen
Energidepartementet skal følge opp hydrogensatsinga til regjeringa. Dette inneber nær kontakt med eit breitt verkemiddelapparat og samarbeid med ei rekke andre departement. Noreg har gode føresetnader for å ta posisjonar i ein framtidig marknad for hydrogen i Europa. Samtidig står utvikling av hydrogenverdikjeder i eit konkurranseforhold til utviklinga av annan grøn industri eller anna grøn verksemd i Noreg. Å produsere hydrogen utan eller med låge utslepp krev store mengder fornybar kraft eller naturgass, tilgang på kompetent arbeidskraft, CO2-lager og eigna areal som også kan brukast av andre grøne næringar.
Departementet følger utviklinga på hydrogenområdet både nasjonalt og internasjonalt, spesielt i europeisk samanheng, og deltar i relevante internasjonale samarbeidsforum og -avtalar for hydrogen, mellom anna i Nordisk ministerråd, EU, International Partnership for Hydrogen and Fuel Cells in the Economy (IPHE) og Mission Innovation, og i samarbeid med relevante land.
I 2025 vil departementet halde fram med å følge opp etablert internasjonalt samarbeid på hydrogenområdet, mellom anna på nordisk nivå og med Tyskland og Storbritannia. Departementet vil også følge opp og bidra vidare til utviklinga av regel- og rammeverk i EU.
Forsking og teknologiutvikling
Energidepartementet har den tredje største løyvinga av midlar til Noregs forskingsråd, etter Kunnskapsdepartementet og Nærings- og fiskeridepartementet. I forvaltninga av midlane til Forskingsrådet vil departementet følge opp Meld. St. 5 (2022–2023) Langtidsplan for forskning og høyere utdanning 2023–2032.
Departementet vil føre vidare etablert forvaltning av FoU-løyvingane gjennom Noregs forskingsråd og Gassnova SF. Departementet deltar som observatør i porteføljestyret i Forskingsrådet. Konkurranseutsetting av forskingsmidlar står sentralt.
Departementet vil etablere eit nytt strategiorgan som skal erstatte OG21 og Energi21, og som skal dekke heile departementets ansvar og verksemd. Det førebelse namnet på det nye strategiorganet er Energi2050. Målet er at strategiorganet skal vere operativt i starten av 2025 med eit eige strategistyre utnemnt av energiministeren og med eit tilhøyrande oppdrag. Departementet vil følge oppstarten av og arbeidet i strategiorganet tett i 2025. FoU-prioriteringane i OG21 og Energi21 vil framleis gjelde for 2025, fram til det nye strategistyret har utarbeidd ein ny, felles FoU-strategi. Departementet vil gjennom tildelingsbrev sjå til at strategiane blir varetatt i verksemda til Forskingsrådet og Gassnova SF.
Departementet vil følge aktiviteten ved forskingssentera for miljøvennleg energi (FME) og forskingssentera for petroleum (PETROSENTER). Dette er konsentrerte og langsiktige satsingar på nye energi- og petroleumsteknologiar, der forsking og teknologiutvikling skjer i eit tett samarbeid mellom forskingsmiljø, næringsliv og forvaltning. I 2025 vil departementet rette særleg merksemd mot dei åtte nye teknologiske FME-ane som er tildelte i 2024.
I arbeidet med utgreiinga av kjernekraft som ei mogleg energikjelde i Noreg, jf. omtale i programkategori 18.20 Energi og vassressursar, vil kunnskap, forsking og teknologiutvikling stå sentralt.
Departementet vil føre vidare FoU-innsatsen innanfor helse, miljø, sikkerheit og sikring i petroleumsnæringa. Innsatsen skal bidra til grunnleggande og anvend forsking med sikte på ny kompetanse, teknologi og innovasjon som bidrar til å forhindre storulykker og forbetre HMS og sikring i næringa. Eit mest mogleg relevant kunnskapsgrunnlag er avgjerande for å halde oppe det høge nivået på HMS og sikring.
Departementet er engasjert i ei rekke internasjonale samarbeidsforum retta mot energi- og petroleumsforsking. Departementet er opptatt av at dei norske energiaktørane skal lykkast med deltakinga i EUs forskings- og innovasjonsprogram Horisont Europa (2021–2027). Dette legg departementet til rette for gjennom å delta i relevante komitear og møteplassar nasjonalt og i EU, inklusiv styringsgruppa for SET-planen (EUs Strategic Energy Technology Plan). Departementet finansierer verkemiddel i Noregs forskingsråd som skal styrke deltakinga i og påverke innretninga av EUs forskings- og innovasjonssatsing i tråd med norske interesser.
Departementet deltar også på andre internasjonale samarbeidsarenaer for FoU, som Det internasjonale energibyrået (IEA), Mission Innovation og Nordisk Energiforsking. Dessutan følger departementet opp ulike bilaterale FoU-samarbeid, i første rekke med USA og Brasil.
Næringsutvikling og internasjonalisering
Departementets arbeid med næringsutvikling og internasjonalisering skal støtte opp under utviklinga av konkurransekraft for energiindustrien, både i Noreg og i internasjonale marknader. Norske selskap innanfor alle delane av energinæringane har gode føresetnader for å delta i globale marknader for lågutsleppsløysingar. Teknologioverføringar mellom næringane, høg grad av digitalisering og næringsretta forsking og eit fleksibelt næringsliv med høg kompetanse er alle viktige faktorar for å halde oppe konkurransekrafta.
Å støtte norske selskap internasjonalt er viktig for sysselsetting og verdiskaping over heile landet. Å bidra til at næringa lykkast i internasjonale marknader, gjer at norsk eksport får fleire bein å stå på. Energidepartementet følger derfor opp energinæringane i dette arbeidet og deltar i eksportsatsinga til regjeringa saman med andre verkemiddelaktørar.
Departementet arbeider for eit høgt nivå på verdiskaping, sysselsetting og kompetanse i energinæringane. Departementet skal halde fram med å bidra til konkurransekrafta i energinæringane både i Noreg og i globale marknader. Dette blir gjort mellom anna ved eit fagleg sterkt og relevant verkemiddelapparat og ei næringsretta energiforsking. Departementet vil i tillegg arbeide for å realisere potensialet for omstilling og kompetanseoverføring gjennom eit tett samspel mellom petroleumsnæringa, fornybarnæringa og maritime næringar. Målet er å auke konkurransekrafta internasjonalt og med det også å auke eksporten frå næringane.
Det er nødvendig at norske myndigheiter målrettar bruken av dei samla ressursane i det norske verkemiddelapparatet. Dette blir gjort i nært samarbeid med aktørar innanfor Team Norway og med Nasjonalt eksportråd.
Energidepartementets resultat for 2023
Havvind
Arbeidet med havvind i Energidepartementet har blitt ytterlegare styrkt med fleire årsverk i seksjon for vindkraft til havs. I 2023 blei de første prosjektområda for havvind lyste ut. I forkant av utlysinga ferdigstilte departementet utlysingsdokument. Departementet fremde Prop. 93 S (2022–2023) om differansekontrakt for støtte til fornybar energiproduksjon til havs for første fase av Sørlege Nordsjø II for Stortinget, og notifiserte statsstøttemodellen til ESA. Departementet ferdigstilte auksjonsmodellen, tok imot søknader om å delta i auksjon for første fase av Sørlege Nordsjø II og starta vurderingar av søknadene. Området blei tildelt i 2024 etter auksjon. Departementet har arbeidd med ein tildelingsmodell for Utsira Nord og har hatt dialog med ESA om notifisering av statstøtte til havvind i Utsira Nord.
Departementet har arbeidd med førebuing til neste utlysingsrunde, som er planlagd i 2025, og har mellom anna gitt NVE i oppdrag om å gjennomføre strategiske konsekvensutgreiingar for desse områda og for dei områda som er aktuelle for seinare rundar. I 2023 blei det på oppdrag frå departementet ferdigstilt grunnundersøkingar for første fase av Sørlege Nordsjø II, den sørvestlege delen av Sørlege Nordsjø II og delar av Utsira Nord.
Departementet har arbeidd vidare med avklaringar rundt bygging og eigarskap av nettet til havs, og korleis konsesjonsprosessen og myndigheitsbehandlinga kan organiserast og effektiviserast. Mellom anna har departementet gitt NVE og RME i oppdrag å gi innspel til forvaltningsregimet for havvind, inkludert ei hensiktsmessig ansvars- og oppgåvefordeling mellom departementet, NVE og RME for både energiproduksjonen og tilhøyrande nettanlegg. Departementet har gitt Statnett i oppdrag å greie ut eventuelle hybride nettløysingar frå produksjon i Sørvest F i samband med utlysingsrunden i 2025.
Departementet har deltatt aktivt i Nordsjøsamarbeidet (NSEC), ein viktig arena for mellom anna utvikling av nettinfrastruktur, og hatt bilateral dialog med land rundt Nordsjøen.
CO2-handtering
Departementet følgde opp regjeringa sin strategi for arbeidet med CO2-handtering. I desember 2023 rapporterte Heidelberg Materials og Northern Lights at prosjekta deira var høvesvis 70 prosent og 90 prosent ferdigstilte. Sjå kap. 1850, post 72 for nærmare omtale av Langskip, inkludert resultat for 2023. Departementet har varetatt eigaroppfølginga av Gassnova SF, medrekna oppfølging av eigarinteressene til staten i Teknologisenter Mongstad. Departementet bidrog gjennom arbeidet sitt i 2023 til å legge til rette for utnytting av undersjøiske reservoar på kontinentalsokkelen til miljøsikker lagring av CO2 som eit tiltak for å motverke klimaendringar. Departementet fekk i 2023 søknader knytte til injeksjon og lagring av CO2 på norsk kontinentalsokkel på fleire område. I mars blei to leiteløyve tildelte til fire selskap. I august blei enda eit leiteløyve tildelt – til tre selskap. Departementet har i 2023 følgt opp Northern Lights sitt arbeid med utbyggingsprosjektet etter at PUD for fase 1 blei godkjend i 2021. Lageret blir venteleg klart for å ta imot CO2 i 2024. Energidepartementet arbeider saman med andre departement og utanriksapparatet om å fremme fangst og lagring av CO2 internasjonalt. Eksport og import av CO2 krev at dei involverte landa inngår ein bilateral avtale, eller eit arrangement, i tråd med krava i Protokoll av 1996 til Overenskomst om bekjempelse av havforurensing ved dumping av avfall og annet materiale av 1972 (Londonprotokollen). I 2023 har departementet halde fram arbeidet med å legge til rette for å regulere import av CO2 for permanent geologisk lagring i Noreg. Noreg og EU inngjekk i 2023 ein grøn allianse, der mellom anna CO2-handtering blir framheva som eit viktig samarbeidsområde.
Hydrogen
Energidepartementet har fått ei heilskapleg utgreiing av verdikjeder for hydrogen utført av Oslo Economics, SINTEF og Greensight. Utgreiinga viser kva som er avvegingane dersom Noreg skal ta ein posisjon i ein framtidig hydrogenmarknad. Dette vil vere ein viktig del av det faglege grunnlaget for korleis staten best kan medverke til oppbygginga av økonomisk berekraftige verdikjeder for hydrogen, mellom anna gjennom det offentlege verkemiddelapparatet.
I perioden 2021–2023 blei det gitt tilskot på om lag 5,3 mrd. kroner til hydrogenformål gjennom Enova, Noregs forskingsråd og Innovasjon Noreg. Trass i betydeleg offentleg støtte har det for mange av desse prosjekta vore krevjande å ta ei investeringsavgjerd slik at dei kan realiserast. Årsaka er mellom anna høge kostnader og stor usikkerheit om den framtidige marknaden for hydrogen.
Regjeringa vedtok i 2023 at det var ønskeleg å sikre norsk deltaking i utlysingar under EUs hydrogenbank. Dette vil kunne medverke til arbeidet med regjeringa sin ambisjon om å utvikle samanhengande verdikjeder for hydrogen produsert utan eller med låge utslepp, der produksjon, distribusjon og bruk blir utvikla parallelt. Gjennom auksjonar vil hydrogenbanken tildele produksjonsstøtte til hydrogenprodusentar i inntil ti år. Den første auksjonen blei gjennomført i februar 2024 med eit budsjett på 800 mill. euro.
Forsking og teknologiutvikling
Energidepartementet har i 2023, i tett samarbeid med Noregs forskingsråd, arbeidd for å styrke kompetansen og innovasjonsevna innanfor energi- og petroleumssektorane.
Departementet har følgt opp arbeidet i FoU-strategiane OG21 og Energi21, mellom anna gjennom observatørrolla i dei departementsutnemnde strategistyra. Departementet har også bidratt til å gjere tilrådingane og prioriteringane frå OG21 og Energi21 kjende i relevante samanhengar. Departementet starta i 2023 opp arbeidet med å vurdere korleis sekretariata for OG21 og Energi21 bør organiserast.
Departementet har deltatt som observatør i porteføljestyra til Forskingsrådet. I tillegg har departementet følgt utviklinga i dei tre forskingssentera for petroleum (PETROSENTER), og aktiviteten i dei 13 forskingssentera for miljøvennleg energi (FME).
Departementet har også deltatt som observatør i programstyret for CLIMIT, som er utnemnt av energiministeren. CLIMIT er Forskingsrådet og Gassnova sitt felles program for forsking, utvikling og demonstrasjon av CO2-handteringsteknologiar.
I samband med arbeidet med stortingsmeldinga om Svalbard fekk Forskingsrådet i oppgåve å greie ut om det er grunnlag for å opprette eit kombinert forskings- og testsenter på Svalbard for utvikling og bruk av lågutsleppsløysingar under arktiske forhold. Ei utgreiing blei overrekt Energidepartementet i desember 2023. Konklusjonen var at det ikkje er eit godt forskingsfagleg grunnlag for å etablere eit slikt senter på Svalbard. Vurderinga er også at det ikkje er tilstrekkeleg nasjonalt eller internasjonalt marknadsgrunnlag for å etablere eit fysisk testsenter i Longyearbyen.
Departementet har deltatt i internasjonale forum for FoU-samarbeid på energi- og petroleumsområdet, hovudsakleg innanfor EU-samarbeidet, IEA og i Nordisk energiforsking. På EU-arenaen har departementet engasjert seg i arbeidet i EUs Strategic Energy Technology Plan (SET-planen), i første rekke gjennom å delta i styringsgruppa og den underliggande arbeidsgruppa for CO2-handtering. Noreg, ved Energidepartementet, leiar arbeidsgruppa saman med Nederland.
Departementet har også deltatt i arbeid knytt til programkomiteen for klima, energi og mobilitet i EUs forskings- og innovasjonsprogram Horisont Europa (2021–2027). Mellom anna har departementet arbeidd saman med Noregs forskingsråd med å gi innspel til innretninga av arbeidsprogramma for Horisont Europa i tråd med norske interesser.
Innanfor IEA-samarbeidet har departementet i samarbeid med Forskingsrådet vore engasjert i dei teknologisk retta styringsgruppene i IEA og i samarbeidsprogrammet Gas and Oil Technologies Collaboration Programme. Samarbeidsprogrammet blei lagt ned i 2024. Departementet har også i 2023, saman med Forskingsrådet, deltatt i oppfølginga av Nordisk Energiforsking og Mission Innovation (MI), eit globalt samarbeidsinitiativ for å få fart på utbreiinga av nye energiteknologiar, der det var eit ministermøte i juli 2023.
Arbeidet med det bilaterale forskings- og teknologisamarbeidet innanfor petroleum og fornybar energi mellom Brasil og Noreg har blitt ført vidare gjennom arbeid med felles utlysing av midlar til forskingsprosjekt. Norske universitet, norske forskingsinstitutt og Norsk Industri deltar i dette samarbeidet.
Næringsutvikling og internasjonalisering
For å hente inn kunnskap har departementet gjennomført ei rekke møte med ulike aktørar innanfor energinæringane, både bedrifter, relevante interesseorganisasjonar, NORWEP, andre verkemiddelaktørar og forskingsinstitutt. Departementet har også hatt omfattande kontakt med utanlandske aktørar, inkludert relevante myndigheiter, både ved utanlandske besøk til Noreg og ved norske besøk til utlandet. Det er også gjennomført to studiar av internasjonal omsetning og sysselsetting, éin i petroleumsnæringa og CO2-handtering og éin i næringane knytte til fornybar energi og hydrogen. Studiane har gitt viktig innsikt i korleis næringane blir påverka av marknadssituasjonen nasjonalt og internasjonalt, og i trendane framover. Departementet har også deltatt aktivt i Team Norway og i arbeidet med eksportsatsinga til regjeringa gjennom Nasjonalt eksportråd.
Kap. 1850 Klima, industri og teknologi
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2023 | Saldert budsjett 2024 | Forslag 2025 |
21 | Spesielle driftsutgifter, kan overførast | 131 000 | 88 000 | |
50 | Fond for CO2-handtering1 | 993 474 | 1 008 200 | 80 000 |
70 | Gassnova SF | 104 583 | 106 800 | 118 000 |
71 | Teknologisenter Mongstad | 161 000 | 90 000 | 89 000 |
72 | Langskip – fangst og lagring av CO2, kan overførast | 2 511 475 | 2 600 000 | 2 160 000 |
73 | Noregs forskingsråd, kan overførast | 966 000 | ||
75 | Norwegian Energy Partners | 35 237 | 26 400 | 28 500 |
Sum kap. 1850 | 3 805 769 | 3 962 400 | 3 529 500 |
1 Rekneskap 2023 og Saldert budsjett 2024 under post 50 inkluderer tal for Noregs forskingsråd. Frå og med 2025 blir midlane til Noregs forskingsråd løyvde over post 73.
Om 2024
Ved Stortingets vedtak 21. juni 2024 blei post 50 redusert med 20 mill. kroner og post 72 med 900 mill. kroner, jf. Prop. 104 S (2023–2024) og Innst. 447 S (2023–2024).
Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast
Departementet foreslår å løyve 88 mill. kroner til arbeid med havvind. Løyvinga skal dekke førebuinga av havvindutlysinga i 2025 og utgifter til innhenting av kunnskap om effektane vindkraftverk til havs har på natur og miljø i dei områda som er aktuelle for utlysinga. Kunnskapsinnhentinga er ein del av den heilskaplege planen regjeringa har for naturkartlegging, og inkluderer mellom anna overvaking av fisk og sjøpattedyr.
Arbeidet med å legge til rette for havvind krev omfattande undersøkingar, fagutgreiingar og anna utgreiing med ulike typar ekstern bistand – også bistand til utvikling av det regulatoriske rammeverket for havvind, arbeid med ein auksjonsmodell, evaluering og anna førebuing av havvindutlysinga i 2025.
Som eit ledd i oppfølginga av resultata frå dei strategiske konsekvensutgreiingane NVE har gjort, vil tilsegnsramma til Forskingsrådet i 2025 dekke utlysing av midlar til å tette kunnskapshòl når det gjeld havvind og natur og miljø, jf. nærmare omtale under kap. 1850, post 73. Vidare vil undersøkingar som gjeld fugl, bli gjennomførte av sjøfuglprogramma SEAPOP og SEATRACK gjennom ei øyremerkt løyving på 28 mill. kroner til Forskingsrådet, jf. nærmare omtale under kap. 1850, post 73.
Post 50 Fond for CO2-handtering
Fond for CO2-handtering skal vere ei føreseieleg og langsiktig finansieringskjelde for utvikling og demonstrasjon av teknologi for CO2-handtering, og finansierer CLIMIT-Demo og vidareutvikling av Teknologisenter Mongstad. Gassnova SF er ansvarleg for å forvalte midlane i fondet.
Departementet foreslår å overføre 80 mill. kroner til Fond for CO2-handtering.
CLIMIT-Demo
CLIMIT er eit program for forsking, utvikling og demonstrasjon av teknologi for CO2-handtering. Noregs forskingsråd støttar langsiktig teknologiutvikling gjennom delprogrammet CLIMIT-FoU, jf. omtale under kap. 1850, post 73, medan Gassnova støttar meir marknadsnær teknologiutvikling gjennom delprogrammet CLIMIT-Demo. Gassnova leiar sekretariatsfunksjonen for programmet, som blir forvalta i fellesskap med Noregs forskingsråd.
Mål og målgruppe
Hovudmålet med CLIMIT-programmet er å bidra til å utvikle teknologi og løysingar for CO2-handtering. CLIMIT-Demo skal gi økonomisk støtte til utvikling og demonstrasjon av teknologiar for CO2-handtering som bidrar til
utvikling av kunnskap, kompetanse, teknologi og løysingar som kan gi viktige bidrag til kostnadsreduksjonar og stor internasjonal utbreiing av CO2-handtering
utnytting av nasjonale fortrinn og utvikling av ny teknologi, og tenestekonsept med kommersielt og internasjonalt potensial
Bedrifter, forskingsinstitusjonar, universitet og høgskolar kan søke om støtte til prosjekt for utvikling av CO2-handteringsteknologi.
Tildelingskriterium og oppfølging
CLIMIT-Demo skal støtte utvikling og demonstrasjon av kunnskap, kompetanse, teknologi og løysingar for
CO2-fangst
kompresjon eller anna handtering av CO2
transport av CO2
langtidslagring av CO2 i form av injeksjon og deponering
bruk av CO2 som fører til langtidslagring
CLIMIT-Demo kan gi økonomisk støtte til
teknisk-økonomiske moglegheitsstudiar der ein ny teknologi blir vurdert enkeltvis eller i ei verdikjede med tanke på å belyse det tekniske og kommersielle potensialet til teknologien
uttesting av teknologi i pilotskala. Dette kan for eksempel vere enkeltståande prosesstrinn
demonstrasjonsanlegg: forsøk med testing og drift av anlegg i teknisk eller halvindustriell skala der formålet er å få fram data som kan belyse ytinga til teknologien, driftsoptimaliseringa, og kor tilgjengeleg og påliteleg teknologien er. Tekniske og økonomiske dimensjonerings- og skaleringsdata for investering og drift av fullskala anlegg, og grunnlag for tilgjengelegheits-, pålitelegheits- og ytingsgarantiar som blir stilte av leverandøren, skal belysast
utvikling av kommersialiserbare tenestekonsept eller metodeverk som er direkte relaterte til CO2-handtering, og som er nødvendige for å realisere fullskala CO2-fangst og -lagring
fagleg nettverksbygging og kompetansespreiing der dette har ei klar fagleg og internasjonal forankring
internasjonale prosjekt der aktiviteten blir delfinansiert av EU-program og/eller nasjonale program med tilsvarande formål som CLIMIT i andre land
prosjekt som bidrar til gevinstrealisering for Langskip
Gassnova er ansvarleg for oppfølging og kontroll. Ordninga blir kunngjord på nettsida climit.no.
Resultat 2023
CLIMIT-Demo hadde 84 prosjekt som var i gang i porteføljen i 2023 med ei total finansiering på 381 mill. kroner. Av desse var 26 nye, med ei samla tildeling på om lag 87 mill. kroner.
Fangstprosjekta fokuserer særleg på kostnadsreduksjonar knytte til CO2-handtering frå ulike forbrennings- og industriprosessar og frå hydrogenproduksjon med naturgass. I tillegg vektlegg prosjekta utvikling av nye industrielle produksjonsprosessar med integrert CO2-handtering.
Transportprosjekta omfattar skipstransport, korrosjon, måling og overvaking, som mellom anna skal bidra til å redusere uvisse og risiko når det gjeld design, konstruksjon og drift.
Lagerprosjekta dreier seg i hovudsak om tema brønn, nye metodar for seismisk kartlegging og overvaking, simuleringar av lagerkapasitet.
I perioden 2020–2023 er det løyvd om lag 23 mill. kroner i støtte til ulike utgreiingar for avfallsforbrenningsanlegg i større byar.
Ei samla vurdering viser at 65 av dei 84 prosjekta som var i gang i 2023, er forventa å påverke gevinstrealiseringa av Langskip. Nokre av prosjekta går direkte på det som blir realisert i Langskip-kjeda. Andre er meir knytte til rolla Langskip har som innovatør i ein framtidig bransje for CO2-handtering.
Post 70 Gassnova SF
Departementet foreslår ei løyving på 118 mill. kroner og ei tilsegnsfullmakt på 20 mill. kroner, jf. forslag til vedtak IV, til administrasjon av statsføretaket Gassnova, som tar hand om statens interesser knytte til CO2-handtering (fangst, transport og geologisk lagring av CO2). Auken frå Saldert budsjett 2024 heng mellom anna saman med eit behov for å styrke prosjektoppfølginga av Langskip i samband med etableringsfasen, oppstarten og overgangen til driftsfase.
Gassnova held til i Porsgrunn. I 2023 blei det utført om lag 33 årsverk i statsføretaket.
Mål og oppgåver
Hovudmålet til Gassnova er å fremme teknologiutvikling og kompetansebygging for kostnadseffektive og framtidsretta løysingar for CO2-handtering. Gassnova søker å nå hovudmålet gjennom oppfølging av Langskip, CLIMIT-programmet, Teknologisenter Mongstad og kunnskaps- og rådgivingsoppdrag. Gassnova skal
koordinere og følge opp tilskotsavtalane og korleis industriaktørane prosjektstyrer Langskip
identifisere læringspunkt, koordinere arbeidet med gevinstrealisering for Langskip og legge til rette for kunnskaps- og erfaringsdeling i Noreg og utlandet som kan nyttast i vidare teknologiutvikling
vareta statens interesser i Teknologisenter Mongstad og forvaltning av demonstrasjonsdelen av CLIMIT-programmet
kartlegge moglegheiter og tiltak for CO2-handtering på forbrennings- og prosessanlegg i Noreg og reduksjon av CO2-utslepp i industrien
bidra til å knyte saman fagmiljø innanfor forsking, industri og offentlege verksemder når det gjeld CO2-handtering
Resultat 2023
Morselskapet Gassnova SF hadde eit positivt årsresultat på om lag 10,5 mill. kroner, medan konsernet, som inkluderer TCM Assets, som eig anlegga ved Teknologisenter Mongstad og betaler den kommunale eigedomsskatten, hadde eit positivt årsresultat på om lag 9,5 mill. kroner. Annan eigenkapital var på om lag 16 mill. kroner i morselskapet og 46 mill. kroner i konsernet per 31. desember 2023.
Gevinstrealisering, kunnskapsdeling og læring
Gassnova har koordinert arbeidet med gevinstrealisering for Langskip og utarbeidd månadlege statusrapportar til styringsgruppa for Langskip gjennom 2023. Det er gjennomført jamlege statusmøte om bidraget deira til gevinstrealiseringa. I tillegg leiar Gassnova eit kommunikasjonsnettverk mellom industriaktørane i Langskip og staten.
Forretningsutviklingsaktivitetar i Northern Lights er særleg viktige bidrag til gevinstrealisering. I 2023 har Northern Lights signert kommersielle avtalar med høvesvis Ørsted i Danmark og Yara i Nederland, som fyller Northern Lights fase 1 (kapasitet opp til 1,5 mill. tonn per år). Avtalen med Ørsted inneber transport av 430 000 tonn biogent CO2 frå to varmekraftverk i Danmark til Noreg. Avtalen med Yara inneber transport av 800 000 tonn CO2 frå Nederland til Northern Lights frå 2025. Ved import av CO2 med sikte på lagring på norsk sokkel må ein få på plass ein bilateral avtale eller eit arrangement mellom Noreg og landet det gjeld, for å oppfylle krava i Londonprotokollen. I desember 2023 blei det offentleggjort at Northern Lights kan få 131 mill. euro frå EUs støtteordning Connecting Facility Europe (CEF) til investeringar i fase 2.
I tråd med gevinstrealiseringsplanen er det arbeidd med å dokumentere og omarbeide læring frå industriaktørane i Langskip, departementet og Gassnova. Dette er delt via nettsida til Gassnova og i sosiale media. I 2023 har nettsida til Gassnova hatt meir enn 14 000 unike besøkande frå ei rekke land, særleg Noreg, Storbritannia, USA, Tyskland og Frankrike. Som det første storskala lagringsprosjektet med lagring av CO2 frå punktkjelder i Noreg og utlandet er Northern Lights eit viktig utstillingsvindauge for kommande CO2-fangst- og -lagringsprosjekt internasjonalt. Over 3 700 personar frå meir enn 50 land besøkte Northern Lights-anlegga i 2023. Erfaringar frå Langskip er også delte i møte med andre CO2-handteringsprosjekt, myndigheitsaktørar og andre interessentar. I 2023 har Gassnova hatt ei koordinerande rolle i departementets arbeid med verkemiddelutgreiing for karbonfangst i avfallsbransjen og industrien. Synergiar med Gassnovas andre verksemd – særleg aktiviteten til CLIMIT-Demo og Teknologisenter Mongstad – er viktige bidrag til gevinstrealisering og måloppnåing for Langskip. I 2023 har kunnskap og læring frå CLIMIT-Demo og Teknologisenter Mongstad blitt delt med ei rekke aktørar innanfor teknologiutvikling, etterfølgande CO2-fangst- og lagringsprosjekt i Noreg og Europa, myndigheitsaktørar og andre delar av verkemiddelapparatet. Langskip demonstrerer CO2-fangst i bransjar som vil vere relevante for etterfølgande prosjekt. Realiseringa av Langskip fell i tid saman med at EU og europeiske land har forsterka klimapolitikken. Ein strammare klimapolitikk og behov for å kutte utslepp i sektorar der det er krevjande å kutte, som sement-, kjemi- og stålindustrien, gir behov for auka satsing på CO2-handtering i Europa.
Oppfølging og koordinering av støtteavtalane i Langskip
Gjennom månadleg rapportering har Gassnova følgt opp prosjektstyringa og kostnads- og framdriftsutviklinga til aktørane i Langskip. I oppfølginga er det gjort løpande vurderingar av risikoar i prosjektet. Med dette skal moglege utfordringar identifiserast så tidleg som mogleg i rapporteringa til departementet. Gassnova fokuserer spesielt på kostnadene til staten i støtteavtalane og på at mekanismane for deling av kostnader blir tolka korrekt.
I 2023 var det utfordringar med Hafslund Celsio sitt prosjekt på Klemetsrud. Selskapet sette prosjektet på vent og starta ein kostnadsreduserande fase.
Staten inngjekk den 8. september 2023 ein tilleggsavtale med Heidelberg Materials i samband med auka kostnader som følge av etterverknader av koronapandemien, Russlands invasjon av Ukraina og sterkt press på internasjonale verdikjeder. I avtalen har Heidelberg Materials forplikta seg til å fullføre prosjektet og dekke dei auka kostnadene, mot at selskapet beheld ein større del av den potensielle avkastninga i prosjektet. Staten forpliktar seg til å gi eit oppstartstilskot på inntil 150 mill. kroner når anlegget står klart til å skipe den første lasta med CO2 til Northern Lights.
Forvaltning av demonstrasjonsdelen av CLIMIT-programmet
Gassnova har, i samarbeid med Forskingsrådet og med støtte frå CLIMIT-Demo, arbeidd for at CLIMIT skal bidra til gevinstrealisering av Langskip, og løpande kartlagt behov og tatt initiativ knytt til utvikling av teknologiar for CO2-handtering, mellom anna gjennom deltaking i sentrale internasjonale forum. Vidare har Gassnova vore med på å følge opp Noregs deltaking i det internasjonale teknologisamarbeidet ACT (Accelerating CCS Technologies), som Forskingsrådet koordinerer, og støtte opp under samarbeidsavtalen departementet har med det amerikanske energidepartementet om forsking og utvikling. Der har CLIMIT-Demo og dei amerikanske samarbeidspartnarane deira i ei årrekke samfinansiert fleire prosjekt, hovudsakleg knytte til CO2-fangst og -lagring.
Resultata for CLIMIT-Demo i 2023 er nærmare omtalte under kap. 1850, post 50 Fond for CO2-handtering.
Varetaking av statens eigeninteresser i Teknologisenter Mongstad
Gassnova har varetatt statens interesser i Teknologisenter Mongstad, og mellom anna bidratt til
kunnskapsspreiing av teknologiutvikling frå TCM
utvikling av forslag til rammer for videre drift etter 2023
å redusere den statlege eigardelen frå 73,9 prosent til 34 prosent frå 2024
Post 71 Teknologisenter Mongstad
Teknologisenter Mongstad skal fremme CO2-fangst som verkemiddel for ei reinare og grønare framtid, ved å bygge bru mellom teknologiutviklarar, vitskap og industriell bruk av teknologiar for CO2-fangst. Den viktigaste oppgåva til teknologisenteret er å teste, verifisere og demonstrere forskjellige teknologiar for kostnadseffektiv og industriell CO2-fangst i full skala. Målet er å legge til rette for ei utbreiing av CO2-fangstteknologi i ulike bransjar og industriar.
TCM DA er eigd av den norske staten gjennom Gassnova SF (34 prosent), saman med dei industrielle partnarane Equinor (22 prosent), Shell (22 prosent) og TotalEnergies (22 prosent). Equinor er operatør for anlegget.
TCM Assets AS, som eig anlegga ved teknologisenteret og betaler den kommunale eigedomsskatten, er eit dotterselskap av Gassnova SF.
Departementet foreslår å løyve 89 mill. kroner på posten, som skal dekke statens andel av driftsutgiftene til Teknologisenter Mongstad i 2025. Statens andel av investeringar og vidareutvikling ved TCM blir dekt frå Fond for CO2-handtering, jf. kap. 1850, post 50.
Resultat 2023
I desember 2023 blei det signert ein ny toårsavtale for Teknologisenter Mongstad (TCM), der staten ved Energidepartementet, saman med dei tre partnarane (Equinor, Shell og TotalEnergies), la ramma for vidare utvikling av senteret for dei neste to åra. Staten har som uttalt mål å redusere eigarskapen sin over tid, og med den nye avtalen er den statlege eigarandelen redusert til 34,0 prosent mot 73,9 prosent i førre avtale.
Formidling av kunnskap om teknologiar for CO2-fangst er ein viktig del av oppdraget til TCM. Frå planleggingsfasen i 2009 og fram til i dag har TCM med partnarar publisert meir enn seksti artiklar som dekker ei rekke tema innanfor CO2-fangst. TCM og samarbeidspartnarar har i 2023 publisert to vitskaplege artiklar med resultat frå testinga på TCM. I tillegg har TCM vore representert på ei rekke internasjonale webinar og konferansar. Elles har TCM tatt imot mange delegasjonar som ønsker å sjå på testfasilitetane på Mongstad. Som ein del av kunnskapsformidlinga til TCM har ein dei seinare åra utvikla rådgivingstenester retta mot prosjekteigarar og utviklarar. Formålet er å gjere kundane betre rusta til å løyse utfordringar ved CO2-handtering.
TCM sitt testområde for mindre utvikla fangstteknologiar hadde stor aktivitet i 2023. TCM gjennomførte fire testkampanjar.
Post 72 Langskip – fangst og lagring av CO2, kan overførast
Departementet foreslår å løyve 2 160 mill. kroner til Langskip, som består av CO2-fangstprosjekt på sementfabrikken til Heidelberg Materials i Brevik og på avfallsforbrenningsanlegget til Hafslund Celsio på Klemetsrud, og i tillegg transport og lagring av CO2 på kontinentalsokkelen ved Northern Lights, eit samarbeid mellom Equinor, TotalEnergies og Shell.
Northern Lights ligg an til å vere klare til å ta imot CO2 hausten 2024. CO2-fangstprosjektet i Brevik ligg an til å starte fangst av CO2 i 2025. Hafslund Celsio la hausten 2024 fram eit oppdatert prosjektgrunnlag for CO2-fangstprosjektet på Klemetsrud.
Bygging og ti års drift av lager og dei to fangstanlegga i Langskip har ei valutajustert styringsramme (P50) på om lag 30,3 mrd. 2024-kroner, der det statlege bidraget (P50) er anslått til om lag 20,5 mrd. 2024-kroner. Kostnadsramma er i samsvar med statens prosjektstyringsmodell sett til P85, som er eit kostnadsestimat der sannsynet for ikkje å overskride er 85 prosent.
Tabell 4.3 Kostnadsramme for Langskip (i mill. kroner)
Kostnadsramme (P85) i 2024-kroner | |||
---|---|---|---|
Totalt | Statsstøtte | ||
Investeringar | Northern Lights | 17 900 | 13 500 |
Heidelberg Materials | |||
Hafslund Celsio | 6 900 | 2 550 | |
Drift (10 år) | Northern Lights | 7 850 | 6 100 |
Heidelberg Materials | |||
Hafslund Celsio | 4 000 | 1 500 |
Mål og aktivitetar
Samfunnsmålet med Langskip er at demonstrasjon av CO2-handtering skal gi den nødvendige utviklinga av CO2-handtering, slik at ein kan nå dei langsiktige klimamåla i Noreg og EU med lågast mogleg kostnad. Effektmåla for Langskip er å
gi kunnskap som viser at det er mogleg og trygt å gjennomføre fullskala CO2-handtering
gi produktivitetsgevinstar for kommande prosjekt gjennom lærings- og skalaeffektar
gi læring knytt til regulering og intensivering av CO2-handteringsaktivitetar
legge til rette for næringsutvikling
Langskip skal demonstrere at CO2-handtering er trygt og mogleg, og legge til rette for læring og kostnadsreduksjonar for seinare prosjekt. Prosjektet vil berre lykkast dersom seinare prosjekt nyttar infrastrukturen og/eller læringa som kjem ut av prosjektet, og dersom Europa og verda følger etter det norske demonstrasjonsprosjektet. Lagerinfrastrukturen blir derfor bygd ut med kapasitet som kan nyttast av fangstprosjekt i andre land. Nye anlegg i Europa og verda elles er ein føresetnad for at CO2-handtering skal kunne bli eit effektivt og konkurransedyktig klimatiltak. Det er ei klar forventning om at Europa no følger etter, og at restkapasiteten i lageret skal kunne nyttast av tredjepartar, som ikkje den norske staten finansierer direkte. Northern Lights har inngått avtalar for å ta imot CO2 frå Ørsted i Danmark og Yara i Nederland.
Selskapa bak fangst-, transport- og lagerprosjekta skal eige og drive sine respektive delar av prosjektet. Tilskotsavtalane regulerer kostnads- og risikodelinga mellom selskapa og staten. Staten tar ein vesentleg del av kostnadene og risikoen i Langskip, mellom anna risikoen i grensesnittet mellom fangst, transport og lager.
Resultat 2023
Ved utgangen av 2023 rapporterte Heidelberg Materials at byggeprosjektet var over 70 prosent ferdig. Installasjonsarbeidet og klargjeringa av byggeplassen til ein tungløft-kampanje blei sett i gang i første kvartal av 2023. Heidelberg Materials varsla om at den mekaniske ferdigstillinga av byggeprosjektet var forseinka. Hausten 2023 inngjekk staten ein tilleggsavtale med Heidelberg Materials mellom anna på grunn av auka kostnader som følge av etterverknader av koronapandemien, Russlands invasjon av Ukraina og sterkt press på internasjonale verdikjeder. I avtalen har Heidelberg Materials forplikta seg til å fullføre prosjektet og dekke auka kostnader, mot at selskapet beheld ein større andel av den potensielle avkastninga i prosjektet. Staten forpliktar seg til å gi eit oppstartstilskot på inntil 150 mill. kroner når anlegget står klart til å skipe den første lasta med CO2 til Northern Lights.
Lagerløysinga til Northern Lights var 90 prosent ferdig utbygd ved utgangen av 2023. For mottaksterminalen blei installasjonen av alle tolv mellomlagringstankane vellykka gjennomført, i tillegg til installasjonen av første del av eksportrøyrleidningen. Konstruksjonen av dei to første skipa blei sett i gang og var ved utgangen av 2023 rundt 80 prosent ferdig. I 2023 har Northern Lights signert kommersielle avtalar med høvesvis Ørsted i Danmark og Yara i Nederland, som fyller Northern Lights fase 1 (kapasitet opp til 1,5 mill. tonn per år). Dei har også modna fram fleire kommersielle relasjonar med potensielle kundar. Avtalen med Ørsted inneber transport av 430 000 tonn biogent CO2 frå to varmekraftverk i Danmark til Noreg. Avtalen med Yara inneber transport av 800 000 tonn CO2 frå Nederland til Northern Lights frå 2025. Prosjektet har arbeidd med modning av avgjerdsunderlaget for fase 2 og planlegging av nødvendig materiell og utstyr for denne fasen.
Karbonfangstprosjektet til Hafslund Celsio har møtt på fleire utfordringar sidan oppstarten. Byggearbeidet blei sett på vent i 2023, da det blei klart at kostnadene ville overskride maksimalbudsjettet. Selskapet skulle sjå på korleis kostnadene kunne reduserast, og komme tilbake med eit forslag til staten.
Post 73 Noregs forskingsråd, kan overførast
Stortinget har slutta seg til at Noregs forskingsråd skal bruttobudsjetterast med tilsegnsfullmakter frå og med 2025, jf. Innst. 12 S (2023–2024).
Hovuddelen av verksemda til Forskingsrådet inneber å finansiere fleirårige prosjekt. For å forplikte staten ut over gjeldande budsjettår må Stortinget gi ei særskilt fullmakt, ei såkalla tilsegnsfullmakt. Sjå omtale av omgrep i boks 4.1.
Aktiviteten i Forskingsrådet utgjer summen av forpliktingane til å finansiere forskingsprosjekt, enten i inneverande eller i framtidige budsjettår. Dette blir kalla aktivitetsramma, sjå omtale av omgrep i boks 4.1. Aktivitetsramma må ha dekning enten i løyving eller gjennom tilsegnsfullmakt. Sidan prosjekta stort sett er fleirårige, vil mesteparten av aktiviteten følge av forpliktingar som er inngått i tidlegare budsjettår.
Ved inngangen til budsjettåret er det tilsegnsramma som angir kor mykje ny aktivitet Forskingsrådet kan sette i gang, det vil seie omfanget av nye forpliktingar. Sjå omtale av omgrep i boks 4.1. Ny aktivitet må ha dekning i enten løyving eller tilsegnsfullmakt.
Omlegginga av budsjettmodellen for Noregs forskingsråd er nærmare omtalt i Prop. 1 S (2024–2025) for Kunnskapsdepartementet.
Boks 4.1 Omgrep
Løyving skal dekke utbetaling av tidlegare gitte tilsegner og nye tilsegner som blir gitt i løpet av budsjettåret, og utbetaling av øyremerkte tilskot.
Tilsegnsfullmakt er det samla fullmaktsbeløpet som Stortinget vedtar, og som er summen av moglege forpliktingar som Forskingsrådet kan inngå med forfall etter budsjettåret.
Aktivitetsramme er summen av løyving og tilsegnsfullmakt, det vil seie den samla ramma for Forskingsrådets tilskotsverksemd i budsjettåret og i dei påfølgande åra.
Tilsegnsramme er ramma for ny aktivitet og angir kor mykje nye forpliktingar Forskingsrådet kan inngå i løpet av budsjettåret. Det er i hovudsak tilsegnsramma som seier noko om kor mykje ny aktivitet Forskingsrådet kan legge opp til i budsjettåret.
Departementet foreslår ei løyving på 966 mill. kroner og ei tilsegnsfullmakt på 4 150 mill. kroner til Noregs forskingsråd i 2025, jf. forslag til vedtak IV.
Tabell 4.4 Oversikt over løyving, tilsegnsfullmakt, aktivitets- og tilsegnsramme
(i 1 000 kroner) | ||||
---|---|---|---|---|
Om | Løyving | Tilsegnsfullmakt | Aktivitetsramme | Tilsegnsramme |
Utlysingar innanfor energi, petroleum, CO2-handtering og havbotnmineralverksemd. Innanfor tilsegnsramma for 2025 blir det lagt opp til følgande tentative fordeling mellom tema:
| 918 000 | 4 110 000 | 5 028 000 | 959 000 |
Sjøfuglprogrammet SEAPOP (SEAbird POPulations), forvalta av Norsk institutt for naturforsking (NINA) og Norsk polarinstitutt. Programmet skal gi betre kunnskap om utbreiinga av, tilstanden til og utviklinga av norske sjøfuglbestandar i lys av menneskeleg aktivitet i havområda og kystsona. | 28 000 | 28 000 | ||
Nordisk energiforsking, ein institusjon under Nordisk ministerråd som blir finansiert i fellesskap av dei nordiske landa etter ein fastsett fordelingsnøkkel basert på landa sine bruttonasjonalbudsjett. Samarbeidet skal skape forskingsbasert grunnlag for energipolitiske avgjerder og vere ein møteplass for industri, forsking og politikarar i Norden. Institusjonen fokuserer spesielt på berekraftige og konkurransedyktige energiløysingar. | 10 000 | 20 000 | 30 000 | |
Snøskredforsking ved Noregs geotekniske institutt (NGI), under dette fullskala forsøksfelt på Ryggfonn, som skal bidra til å auke kunnskapen om snøskred og redusere samfunnsutfordringar og tap av verdiar som følge av snøskred. | 5 000 | 5 000 | ||
The International Ocean Discovery Program (IODP), eit internasjonalt marint forskingssamarbeid som studerer geologien under havbotnen, mellom anna i arktiske område. Samarbeidet er organisert gjennom ECORD1 Managing Agency. | 5 000 | 20 000 | 25 000 | |
SUM | 966 000 | 4 150 000 | 5 116 000 | 959 000 |
1 European Consortium for Ocean Research Drilling
Midlar til drift av Forskingsrådets verksemd blir løyvde over Kunnskapsdepartementets kap. 285 Noregs forskingsråd, post 55 Verksemdskostnader.
Figur 4.1 viser dei mest sentrale verkemidla innanfor petroleum, energi og CO2-handtering. Enova SF, som ligg under Klima- og miljødepartementet, er eit viktig ledd i innovasjonskjeda for energi- og klimateknologiar. Energidimensjonen blir ein viktig del av den kommande styringsavtalen til Enova, sjå nærmare omtale i kapittel 8 i del III av proposisjonen.
Gjennom budsjettformål og aktivitetar i Noregs forskingsråd blir langsiktig strategisk forsking, anvend forsking, teknologiutvikling, pilot- og demonstrasjonsprosjekt og samfunnsfagleg forsking innanfor petroleum, havbotnmineralverksemd, energi og CO2-handtering finansiert.
Prioriteringar for 2025
Løyvinga og tilsegnsfullmakta skal sikre vidareføring av langsiktig strategisk forsking, anvend forsking, teknologiutvikling, pilot- og demonstrasjonsprosjekt og samfunnsfagleg forsking innanfor energi, petroleum, CO2-handtering og havbotnmineralverksemda innanfor ein samla FoU-strategi for heile energiområdet. Konkurranseutsetting av forskingsmidlane i samarbeid med andre aktørar i innovasjonskjeda står sentralt. Det sikrar kvalitet og relevans.
Innanfor petroleum bidrar forskinga til betre ressursutnytting og reduserte utslepp frå norsk sokkel, som sikrar fellesskapen inntekter, verdiskaping og arbeidsplassar på vegen mot eit lågutsleppssamfunn. Helse, miljø og sikkerheit (HMS) er ein integrert del av programma og verksemda.
Det er nødvendig med vidare kunnskapsinnhenting og -utvikling for å tette kunnskapshòl når det gjeld naturmangfald og miljø. Mellom anna trengst meir kunnskap om kva effektar vindkraftverk til havs har på natur og miljø. Dei strategiske konsekvensutgreiingane for havvind skal ferdigstillast sommaren 2025, men behovet for vidare kunnskapsinnhenting og -utvikling er allereie tydeleg. Vidare er det øyremerkt tilskot til sjøfuglprogrammet SEAPOP/SEATRACK. Tilskota skal bidra til at kartlegging av sjøfugl i Nordsjøen kan vidareførast, og til førebuing av oppstart av undersøkingar i resten av dei identifiserte havvindområda. Kartlegging av arealbruken til sjøfugl gjennom modulen SEATRACK (SEAbird TRACKing) er også ein prioritert aktivitet. Det finst allereie kjende kunnskapsmanglar og forskingsprosjekt som det er aktuelt å dekke med utlysingar og tildelingar gjennom Forskingsrådet.
Det er behov for forsking og meir kompetanse om korleis energiutbygging påverkar reindrifta. Det må mellom anna avdekkast kunnskapshòl og utviklast tiltak og løysingar som både kan komme samisk reindrift og annan utmarksbruk i møte og legge til rette for ny kraftproduksjon, utbygging og drift av kraftleidningar og vindkraft på land.
Med opning av område for havbotnmineralverksemd følger også eit auka behov for forsking og utvikling av kunnskap om det biologiske mangfaldet på havbotnen og kva konsekvensar eventuell utvinning av minerala kan ha for havmiljøet. Det er viktig å få på plass eit godt kunnskaps- og kompetansegrunnlag for verksemda, jf. «regjeringa vil»-punkta i Meld. St. 25 (2022–2023), kapittel 3.5 Vidare kunnskapsinnhenting og -oppbygging og 3.6 Behov for forsking og utvikling.
Vidare visast det til Meld. St. 27 (2023–2024), kapittel 14 Kunnskap, forsking og formidling, som slår fast at regjeringa vil fremme forsking knytt til naturfare og naturskadeførebygging. Skal kompetansen på naturfare kunne oppretthaldast og vidareutviklast, må det satsast meir på forsking og kunnskapsbygging innanfor fagfeltet. Vi viser også til eit øyremerkt tilskot til snøskredforsking til Norges Geotekniske Institutt.
Mål og aktivitetar
Energidepartementet har vedtatt å utvikle ein samla FoU-strategi for heile energiområdet som dekker både energi, petroleum, CO2-handtering og havbotnmineralverksemd. Eit strategistyre vil bli etablert i starten av 2025, med mandat frå Energidepartementet, for å utvikle ein strategi som skal erstatte Energi21 og OG21. Fram til den nye, felles strategien er overrekt til energiministeren, vil tilrådingane og prioriteringane i Energi21 og OG21 gjelde.
Energi på veg mot eit lågutsleppssamfunn
Energi21 er Noregs nasjonale strategi for forsking og innovasjon innanfor ny klimavennleg energiteknologi. Mandatet for strategien kjem frå Energidepartementet. Strategien skal støtte opp under målet for departementets satsing på energiforsking, som er å bidra til større verdiskaping og sikker, kostnadseffektiv og berekraftig utnytting av energiressursane i landet. Dette inkluderer langsiktig kunnskapsutvikling, utvikling av nye klimavennlege teknologiar og løysingar, og fremming av konkurranseevne i energinæringa.
Energi21 er næringsdriven og gir råd til departementet om innretning og prioritering av forskings- og utviklingsinnsatsen retta mot klimavennleg energiteknologi og løysingar for heile energisektoren, inkludert stasjonære formål og transport.
Strategien trekker fram åtte prioriterte satsingsområde. Det er havvind, hydrogen, solenergi, CO2-handtering, batteri og vasskraft og dessutan satsingsområda «integrerte og effektive energisystem» og «energimarknader og regulering», som blir løfta fram spesielt.
Plasseringa av Energi21 i forskings- og innovasjonssystemet under Energidepartementet er illustrert i figur 4.1. Med bakgrunn i utviklinga til energisystemet og auka sektorkopling er det behov for finansiering og verkemiddel frå fleire departement til energiområdet.
Tabell 4.5 Verkemiddel som skal bidra til at måla i Energi21-strategien blir nådde
Energiporteføljen – utvikling av eit heilskapleg energisystem | Energiporteføljen støttar ei langsiktig og berekraftig utvikling av energisystemet og skal bidra til omstilling til lågutsleppssamfunnet. Det femner breitt og dekker alle bransjar, næringar og samfunnssektorar som produserer varme eller elektrisitet, utviklar og driftar infrastruktur for energidistribusjon, bruker fornybar energi og utviklar og nyttar kunnskap og løysingar for redusert energibruk eller omlegging til fornybar energibruk i bygg, område, transport og industri. Målet er at Noreg har nok fornybar energi og eit sikkert, robust og fleksibelt energisystem, at samfunnet er klimanøytralt og tar vare på naturmangfald, og at omstillinga skjer kunnskapsbasert, inkluderande og rettferdig. Satsinga skal også bidra til at vitskaplege miljø innanfor energi og transport er relevante og framifrå. Satsinga gjer bruk av eit breitt spekter av søknadstypar i heile innovasjonskjeda frå grunnleggande energiforsking til innovasjonsprosjekt. Ein stor del av innsatsen blir retta mot innovasjon og kunnskapsbygging som er relevant for næringslivet, for å sikre at eksisterande og nytt næringsliv innanfor energi er konkurranse- og omstillingsdyktig. |
Forskingssenter for miljøvennleg energi (FME) | Sentera arbeider med forsking som er retta mot fornybar energi, energieffektivisering, CO2-handtering og samfunnsvitskaplege problemstillingar som er relaterte til energiomstilling. Forskinga skjer i eit tett samarbeid mellom forskingsmiljø, næringsliv og forvaltning. Sentera gir brukarpartnarane høve til langtidsperspektiv, kontinuitet og risikoavlasting i satsinga på forsking. For forskingsmiljøa gir sentera høve til langsiktig kompetanseoppbygging gjennom forsking på eit høgt internasjonalt nivå i nært samarbeid med brukarar av forskingsresultata. Prosjekt ved dei ulike sentera kan også hente prosjektfinansiering frå andre verkemiddel med finansiering frå Energidepartementet. Dette bidrar til god fleksibilitet og dynamikk i energiforskinga som blir finansiert av Forskingsrådet. Sjå tabell 4.6 for nærmare omtale av dagens FME-ar. |
PILOT-E | PILOT-E er eit finansieringstilbod til norsk næringsliv, etablert av Forskingsrådet, Innovasjon Noreg og Enova. Målet med tilbodet er at heilt nye produkt og tenester innanfor miljøvennleg energiteknologi skal utviklast raskare. Dei skal også takast i bruk for å bidra til utsleppskutt både i Noreg og internasjonalt. PILOT-E følger opp aktørane gjennom heile teknologiutviklingsløpet – frå idé til marknad. |
CLIMIT – forsking, utvikling og demonstrasjon av CO2-handteringsteknologi | CLIMIT skal bidra til å utvikle teknologi og løysingar for CO2-handtering og til å redusere kostnader og risiko for dei som tar teknologien i bruk. Det er konkretisert følgande satsingsområde:
CLIMIT har stor internasjonal aktivitet, mellom anna gjennom EUs samfinansieringsprogram Clean Energy Transition Partnership (CETP). CLIMIT er eit samarbeid mellom Forskingsrådet, som handterer FoU-delen, og Gassnova, som handterer demonstrasjonsdelen. |
HEILO på hydrogen, havvind og CO2-handtering | HEILO er eit samarbeid mellom Forskingsrådet, Innovasjon Noreg, Gassnova og Enova som skal bidra til betre samkøyring og koordinering av verkemidla og aktivitetane til aktørane. Gjennom verkemiddelapparatet blir det finansiert prosjekt langs heile verdikjeda og i heile spennet frå grunnforsking til utvikling, innovasjon og marknadsintroduksjon. HEILO gir ei oversikt over prosjekt som har fått støtte gjennom verkemiddelapparatet i dei ulike teknologiområda. |
Meir informasjon om verkemidla finst på forskningsradet.no, innovasjonnorge.no, gassnova.no og enova.no.
Tabell 4.6 Forskingssenter for miljøvennleg energi (FME)
Namn | Om | Vertskap | Avtaleperiode |
---|---|---|---|
INCLUsive Decarbonization and Energy Transition (INCLUDE) (samfunnsvitskap) | Forskingssenter for sosialt inkluderande energiomstilling som skal skaffe kunnskap om korleis ein kan realisere eit rettferdig lågutsleppssamfunn | UiO | 2019–2027 |
Norsk senter for energiomstillingsstrategiar (NTRANS) (samfunnsvitskap) | Forskingssenter som skal forske på kva rolle energisystemet har i avkarbonisering av sektorar som energi, transport, industri, bygg og hushald | NTNU | 2019–2027 |
Norwegian Research Centre on Wind Energy (NorthWind) | Forskingssenter for vindenergi som skal bidra til å redusere kostnadene ved vindkraft, legge til rette for berekraftig utvikling, skape arbeidsplassar og auke eksporten | SINTEF Energi | 2021–2029 |
Norwegian research and innovation centre for hydrogen and ammonia (HYDROGENi) | Forskingssenter som skal bidra til FoU i heile verdikjeda for hydrogen, inkludert kostnadseffektiv og skalerbar produksjon, transport og lagring i Noreg og Europa, sluttbruksteknologiar og sikkerheit og materialintegritet | SINTEF Energi | 2022–2030 |
Norwegian Centre for Hydrogen Research (HyValue) | Forskingssenter som mellom anna skal forske på metodar for produksjon av hydrogen og ammoniakk, løysingar for transport, lagring og fylling/bunkring av hydrogenbasert drivstoff, maritime verdikjeder og utvikling av ein metodikk for å styrke forankringa i samfunnet | NORCE | 2022–2030 |
Norwegian Research Centre of Excellence for Carbon Capture and Storage (GigaCCS) | Forskingssenter som tar for seg FoU-utfordringar i heile verdikjeda for at CO2-handtering skal realiserast i stor skala | SINTEF Energi | 2024–2032 |
Secure, resilient, and sustainable electricity distribution grids (SecureEL) | Forskingssenter som fokuserer på dei nye behova for kunnskap, innovasjon og løysingar som oppstår frå dei grunnleggande endringane i distribusjonsnettet drivne av elektrifiseringa av samfunnet | SINTEF Energi | 2024–2032 |
Integrated Hub for Energy System Analyses (InterPlay) | Forskingssenter som skal mogleggjere auka integrasjon av energisystemet ved å etablere ei open plattform for deling av modellar og for kopling og analyse ved hjelp av energi- og systemmodellar | SINTEF Energi | 2024–2032 |
Norwegian research centre for renewal of hydropower technology (RenewHydro) | Forskingssenter som skal løyse utfordringar vasskrafta blir stilt overfor når innfasing av store mengder uregulerbar kraft aukar krava til fleksibilitet, og når ein skal drive effektivt og berekraftig i eit uføreseieleg klima | NTNU | 2024–2032 |
Norwegian R&D centre for Maritime Energy Transitions (MarTrans) | Forskingssenter med ei heilskapleg tilnærming som dekker heile verdikjeda knytt til reduksjon av energiforbruk og bruk av alternative drivstoff innanfor maritim transport | SINTEF Ocean | 2024–2032 |
Zero Emission Metal Production (ZeMe) | Forskingssenter som vil utvikle ny, klimanøytral og energieffektiv teknologi for metallurgisk industri | NTNU | 2024–2032 |
Research centre for solar power (SOLAR) | Forskingssenter som fokuserer på utvikling, installasjon, integrasjon og drift av solkraftverk i og utanfor Noreg, og som også ser på heile utviklinga på tvers av verdikjeda frå silisiumproduksjon til viktige applikasjonar som bygningsintegrerte og flytande solanlegg, og resirkulering av solcelleanlegg | IFE | 2024–2032 |
Next-generation and improved circular sustainable battery technology value chain (Battery) | Forskingssenter som fokuserer på teknologiforbetringar på alle dei viktigaste områda for norsk batteriindustri: batterimateriale, celleproduksjon, batteripakkar/-system og gjenvinning/gjenbruk | NTNU | 2024–2032 |
Meir informasjon om sentera finst på forskningsradet.no.
Petroleum på veg mot eit lågutsleppssamfunn
OG21 har mandatet sitt frå Energidepartementet. Formålet er å arbeide for effektiv, sikker og miljøvennleg verdiskaping frå norske olje- og gassressursar. Dette skal skje gjennom eit samordna engasjement i petroleumsklynga innanfor forsking og innovasjon. OG21 skal inspirere til utvikling og bruk av ny og betre kompetanse og teknologi tilpassa eit energisystem i endring og målet om reduserte klimagassutslepp.
OG21-strategien peikar på åtte teknologiområde der forsking, teknologiutvikling og innovasjon er spesielt viktig. Områda inkluderer forbetra undergrunnsforståing, kostnadseffektiv boring og nedstenging av brønnar, energieffektivitet og kostnadseffektiv elektrifisering, CO2-handtering, digitalisering og sikkerheit og arbeidsmiljø. Strategien peikar også på andre viktige teknologiområde der kompetansen frå petroleumsverksemda kan nyttast, slik som hydrogen og hydrogenberarar, flytande havvind og utvinning av mineral frå havbotnen.
Forskingsrådet rår over verkemiddel som skal bidra til at OG21-strategien blir følgt opp og realisert. Dette er illustrert i figur 4.1. Forskingsrådet skal rette innsatsen mot å utvikle sektoren i retning lågutslepp samtidig som det blir sett inn nødvendige tiltak for ei kostnadseffektiv utnytting av ressursane. Målet er ein utsleppsfri petroleumssektor i 2050 og, i takt med at særleg oljeproduksjonen blir redusert, å minimere det direkte og indirekte inntektstapet til staten ved den økonomiske omstillinga av Noreg. Petroleumsforskinga finansiert gjennom Forskingsrådet er særleg retta mot leverandørindustrien, institutt og universitet som mottakarar av støtte. Løyvingane utløyser ein betydeleg innsats og monalege midlar frå både forskingsaktørane og privat næringsliv.
Tabell 4.7 Verkemiddel som skal bidra til at måla i OG21-strategien blir nådde
Namn | Om |
---|---|
Petroleumsporteføljen – petroleum på veg mot lågutsleppssamfunnet | Porteføljen skal bidra til auka verdiskaping og sikker, kostnadseffektiv og berekraftig utnytting av petroleumsressursane i eit lågutsleppssamfunn. Porteføljen er avgrensa til olje- og gassverksemd, og alle prosjekt i porteføljen skal ha ei kopling til problemstillingar knytte til petroleumsverksemda i opna område på norsk kontinentalsokkel og/eller sikkerheit på landanlegga i Noreg. Den samla aktiviteten dekker strategisk grunnforsking, kunnskaps- og kompetansebygging, forskarrekruttering, anvend forsking og teknologiutvikling og demonstrasjon. |
Forskingssenter for petroleum | Sentera skal gjennom fokusert og langsiktig forskingsinnsats på høgt internasjonalt nivå løyse utpeika utfordringar for utnytting av petroleumsressursane på norsk sokkel. Næringsretta forskarutdanning og langsiktig kompetansebygging står sentralt for sentera. Sentera utviklar kunnskap og teknologi som har stor betydning for verdiskaping og utnytting av gjenverande petroleumsressursar, og bygger bru til framveksande næringar som hydrogen og CO2-lagring. |
Meir informasjon om verkemidla finst på forskningsradet.no.
Tabell 4.8 Forskingssenter for petroleum
Namn | Om | Vertskap | Avtaleperiode |
---|---|---|---|
Lågutsleppsenteret (Low Emission) | Senteret skal bidra til å utvikle nye teknologiar og konsept for offshore energisystem, energieffektivisering og integrasjon av eksisterande infrastruktur for fornybar kraftproduksjonsteknologi for implementering på norsk sokkel. | SINTEF ENERGI | 2019–2027 |
Senter for berekraftig utnytting av petroleumsressursar på norsk sokkel (NCS2030) | Senteret skal bidra til å skape ei berekraftig verdikjede for hydrokarbonressursane ved utvikling av løysingar som maksimerer verdiskapinga av ressursane, samtidig som ein skal nå regjeringa sitt mål om lågutslepp. | Universitetet i Stavanger | 2022–2029 |
Senter for auka undergrunns- og reservoarforståing (CSSR) | Senteret skal bidra til å sikre langsiktig verdi for petroleumsindustrien i overgangen til eit nytt energilandskap. Forståing av undergrunnen for energieffektiv utnytting av reservoaret og utvikling av ny kunnskap og digitale løysingar står sentralt. | NORCE | 2022–2029 |
Meir informasjon om sentera finst på forskningsradet.no.
Mineralverksemd på havbotnen
Energiomstillinga som verda er inne i, har ført til auka merksemd på sikker tilgang på kritiske råmateriale som har høg forsyningsrisiko, og som ikkje lett kan erstattast. Det vart i april 2024 opna opp for mineralverksemd på eit område i Norskehavet og Grønlandshavet, jf. programkategori 18.10. Hovudmålet for forvaltninga av norske havbotnmineralressursar er å legge til rette for undersøking og utvinning av mineralførekomstar på kontinentalsokkelen i samsvar med samfunnsmessige målsettingar, slik at omsynet til verdiskaping, miljø, sikkerheit ved verksemda, anna næringsverksemd og andre interesser blir varetatt. Noreg vil ha ei stegvis, forsvarleg og kunnskapsbasert utvikling av havbotnmineralverksemd på norsk kontinentalsokkel. Omsynet til miljø og sikkerheit skal varetakast i alle fasar av verksemda. På norsk sokkel er det påvist førekomstar av mineral som inneheld metall som det er stadig større etterspørsel etter globalt. Minerala er i seg sjølve viktige byggesteinar i lågutsleppsteknologiar som mogleggjer det grøne skiftet. Mineralutvinning på havbotnen kan derfor bli ei ny og viktig havnæring for Noreg.
I Meld. St. 25 (2022–2023) seier regjeringa at ho vil opprette ei målretta og heilskapleg satsing i regi av Noregs forskingsråd på forsking og innovasjon for å styrke kunnskapen om miljø- og naturverdiar i djuphavet og føresetnadene for berekraftig utvinning av havbotnmineral, inkludert berekraftige teknologiar og løysingar. Moglegheita for å overføre kunnskap og teknologi frå olje- og gassektoren vil stå sentralt når det gjeld både utforsking og utvinning. Det er behov for meir forsking i heile verdikjeda, frå geologiske undersøkingar til effektiv og berekraftig utvinning, og det må forskast meir på påverknader på det ytre miljøet og økosystemet. Regjeringa foreslår derfor ei eiga satsing på forsking og utvikling knytt til utvinning av havbotnmineral. Satsinga skal møte forskings- og utviklingsbehov knytte til vedtaket om å opne opp for mineralverksemd på norsk kontinentalsokkel. Satsinga skal bidra til å auke kunnskapen om det biologiske mangfaldet på havbotnen der minerala er, og kunnskapen om kva konsekvensar eventuell utvinning kan ha for havmiljøet. Ho skal også bidra til at det blir utvikla berekraftige utvinningsmetodar.
Internasjonalt forskings- og teknologisamarbeid
Deltaking i internasjonalt forskings- og teknologisamarbeid på energi- og petroleumsområdet har høg prioritet og er eit viktig supplement til den nasjonale FoU-satsinga. Noreg deltar i samarbeidsaktivitetar i EU, gjennom Det internasjonale energibyrået (IEA) og på nordisk nivå. Noreg deltar også i bilateralt samarbeid med fleire land og i store fleirnasjonale samarbeidsforum.
Samarbeid på tvers av landegrenser er avgjerande, ikkje berre for å kunne halde eit høgt fagleg nivå i norske forskingsmiljø, men også av strategiske grunnar for å etablere kontaktar og alliansar med andre land. Deltaking i internasjonale prosjekt er kompetansebyggande og gir både fagleg og økonomisk draghjelp til å løyse sentrale forskingsoppgåver. I tillegg er internasjonalt samarbeid eit utstillingsvindauge for norske teknologi- og kunnskapsleverandørar og kan vere ein døropnar for nye marknader.
Forskingsrådet skal stimulere til internasjonalt forskingssamarbeid innanfor EU, i fleirnasjonale samarbeidsforum som Mission Innovation og Nordisk Energiforsking og med prioriterte samarbeidsland som USA, Brasil og Canada, gjennom dei målretta aktivitetane innanfor energi- og petroleumsforskinga. Forskingssentera er også viktige kontaktpunkt for internasjonalt samarbeid generelt og bilateralt samarbeid spesielt.
Samarbeid på EU-arenaen er særleg viktig for norske forskingsaktørar og norsk næringsliv. På energiområdet har Noreg i fleire år gjort det svært godt i EUs rammeprogram for forsking og innovasjon, Horisont Europa, med høg deltaking og godt tilslag i utlysingane til programmet. Per mai 2024 har norske deltakarar fått 229 mill. euro i prosjektstøtte innanfor energi-, klima- og transportdelen av programmet, 32 prosent av alle søknader med norsk deltaking har blitt innstilte for finansiering. Energiprosjekt står for den største effekten, og norske aktørar gjer det særleg godt innanfor ulike teknologiar for fornybar energi, materialar til bruk i batteri og energilagring, berekraftig brensel og dessutan hydrogen og elektrolyse. Horisont Europa opnar også for støtte til forsking og utvikling på utvinning av mineral på havbotnen. Departementet har som mål at norske forskingsinstitusjonar og norsk næringsliv i større grad utnyttar moglegheitene Horisont Europa gir på energiområdet.
Tabell 4.9 Internasjonale forskingssamarbeid og deltaking i internasjonale fellesutlysingar
EUs rammeprogram for forsking og innovasjon, Horisont Europa (2021–2027) | Programmet skal bidra til arbeidsplassar og økonomisk vekst i Europa, til å møte samfunnsutfordringar og til ein styrkt posisjon for Europa innanfor forsking, innovasjon og teknologi. I programdelen «Klima, energi og mobilitet» blir det gitt støtte til forsking og innovasjon innanfor mellom anna fornybare energiteknologiar, energibruk i bygg og industri, energilagring, CO2-handtering og nettinfrastruktur. Tematisk korresponderer desse områda godt med norske FoU-satsingar. Horisont Europa har ein stor portefølje av partnarskapar innanfor energi og transport, mellom anna Clean Energy Transition Partnership (CETP), som er omtalt nedanfor. |
Clean Energy Transition Partnership (CETP) | CETP er ein internasjonal partnarskap under Horisont Europa der om lag 50 nasjonale og regionale forskings- og innovasjonsprogram (FoI) i 30 land samarbeider. Partnarskapen gjennomfører fellesutlysingar der formålet er internasjonalt samarbeid om forsking og innovasjon for å hindre fragmentering i FoI-landskapet, for på den måten å nå det overordna målet om europeisk energiomstilling og eit klimanøytralt Europa innan 2050. CETP samlar nasjonale og regionale midlar saman med midlar frå EU-kommisjonen for å finansiere løysingar som er alleuropeisk viktige for energiomstillinga. Nokre ikkje-europeiske land deltar også i partnarskapen. CETP blir frå norsk side følgd opp av Forskingsrådet. |
Det internasjonale energibyrået (IEA) | IEA er ein organisasjon for nærmare 30 medlemsland som arbeider med myndigheiter og industri for å skape ei sikker og berekraftig energiframtid for alle. IEA har oppretta ei rekke samarbeidsprogram for forsking på ulike energitema. Noreg er medlem i rundt 20 slike samarbeidsprogram, som fordeler seg på områda sluttbrukarteknologiar, fornybare energiteknologiar, olje og gass og informasjonsutveksling. Deltakarane frå norsk side kan vere frå industrien, forskingsmiljøa eller myndigheitene, avhengig av aktivitetane i programma. Forskingsrådet er koordinator for dei norske forskingsaktivitetane. |
Mission Innovation | Mission Innovation er eit internasjonalt samarbeid med 23 deltakande land pluss EU-kommisjonen som har som mål å auke utviklinga og bruken av nye klimavennlege energiteknologiar. Gjennom Forskingsrådet og Gassnova bidrar Noreg aktivt i arbeidet innanfor dei prioriterte områda hydrogen, utsleppsfri maritim transport og CO2-handtering. Noreg er medleiar i Zero Emission Shipping Mission og medlem i Clean Hydrogen Mission og Carbon Dioxide Removal Mission. |
Memorandum of Understanding (MoU) mellom Noreg og USA | USA og Noreg samarbeider innanfor energirelatert forsking og teknologi. Samarbeidet er i hovudsak konsentrert om CO2-handtering og vasskraftforsking. |
BN21 – Brazil-Norway in the 21st. century | Brasil og Noreg samarbeider om forsking på område som er av interesse for begge landa. Særleg innanfor petroleumsforsking har dei to landa mange av dei same teknologiske utfordringane. Noregs forskingsråd og den brasilianske motparten, FINEP, har gjennomført fleire fellesutlysingar av forskingsmidlar. |
Resultat 2023
Budsjettmidlane under Energidepartementet gir FoU-innsats som særleg støttar opp under langtidsplanens mål om styrkt konkurransekraft og innovasjonsevne og dei tematiske prioriteringane klima, miljø og energi og mogleggjerande og industrielle teknologiar. I 2023 involverte nesten alle prosjekta i energiporteføljen næringslivsaktørar som må og ønsker å bidra til å tilpasse seg lågutsleppssamfunnet, ved å leie, finansiere eller på annan måte bidra aktivt til utvikling av nye, forbetra og berekraftige løysingar. Prosjekta har ei stor tematisk breidde og dekker nesten alle nivåa for teknologimodnad.
Samla vurdering av måloppnåinga:
Satsinga på hydrogen heldt fram i 2023. Det blei innvilga 118 mill. kroner i støtte til hydrogenprosjekt, og denne støtta utløyste i tillegg 73 mill. kroner i privat kapital.
HEILO-samarbeidet i verkemiddelapparatet heldt fram og blei i 2023 utvida til å omfatte CO2-handtering i tillegg til hydrogen og havvind.
I Forskingsrådets fellesutlysing «Areal under press» blei det tildelt 83,3 mill. kroner i 2023, mellom anna med finansiering frå Energidepartementets tildelingar.
Det bilaterale utlysingssamarbeidet med Brasil blei utvida til å omfatte miljøvennleg energi i tillegg til petroleum.
Norske partnarar gjorde det godt i første runde av EUs Clean Energy Technology Partnership (CETP) og deltar i 14 av dei 46 prosjekta som fekk tildelt støtte.
Noreg oppnår svært gode resultat innanfor energidelen av EUs rammeprogram for forsking og innovasjon (Horisont Europa). Suksessen kjem mellom anna av strategisk innsats retta mot utforminga av program i Horisont Europa, og opplæring og mobilisering av gode norske forskingsmiljø.
Nye forskingssenter for miljøvennleg energi blei kunngjorde i januar 2023. 21 FME-søknader kom inn før søknadsfristen 15. november. Evalueringa enda med at åtte nye senter startar opp i 2024. Sjå omtale i tabell 4.6.
Havvind, digitalisering av kraftbransjen, hydrogen og batteriteknologi utgjer dei største teknologiområda i energirelaterte Skattefunn-søknader. Nedgangen i petroleumsretta søknader er i ferd med å flate ut.
Noreg har vore svært aktive i Mission Innovation. Forskingsrådet er sekretariat for Energidepartementet og var vertskap for workshop med andre medlemmer i Zero Emission Shipping Mission.
Søknadstilfanget frå petroleumsnæringa har gått ned i 2023. Prosjekta som får tildelt støtte, har likevel god kvalitet.
Tabell 4.10 Energidepartementets berekna finansieringsandel til FoU i 2023 gjennom Forskingsrådet
Verkemiddel som skal bidra til at måla i FoU-strategiane blir nådde | mill. kroner |
---|---|
ENERGIX | 369,7 |
FME | 262,1 |
PETROMAKS | 169,2 |
DEMO 2000 | 62,3 |
CLIMIT | 58,0 |
PETROSENTER | 35,4 |
Nordisk Energiforsking og The International Ocean Discovery Program | 12,8 |
MARINFORSK – marine ressursar og miljø | 9,7 |
PES-HORISONT – prosjektetableringsstøtte til EU-søknader | 5,5 |
Sum | 984,8 |
Tabell 4.11 Oversikt over midlar tildelte til energiforsking i 2023 (mill. kroner)
Tildelingar fordelte på søknadstypar | Energi | Petroleum | CO2-handtering | Sum |
---|---|---|---|---|
Kompetansebyggande prosjekt for næringslivet | 180,0 | 106,2 | 16,0 | 302,2 |
Innovasjonsprosjekt i næringslivet | 217,0 | 57,8 | 274,8 | |
Clean Energy Transition Partnership – EUs partnarskap for finansiering av FoUoI-prosjekt | 47,0 | 58,0 | 105,0 | |
Samarbeidsprosjekt for å møte utfordringar i samfunn og næringsliv | 75,0 | 75,0 | ||
Demonstrasjonsprosjekt i næringslivet | 50,4 | 50,4 | ||
Forskarprosjekt for unge talent | 40,0 | 40,0 | ||
Fellesutlysingar («Areal under press») | 20,0 | 20,0 | ||
Andre tildelingar | 10,0 | 10,0 | ||
Sum | 589,0 | 214,4 | 74,0 | 877,4 |
FME hadde i 2023 ei finansiering på 232 mill. kroner frå Energidepartementet og 5 mill. kroner frå Kunnskapsdepartementet. Vidare blei det gjennomført ei ny FME-utlysing med ei tilsegnsramme på 1,2 mrd. kroner innanfor heile den tematiske breidda av delporteføljen for energi og lågutslepp. Det kom inn 21 søknader før søknadsfristen.
I 2023 var det tre aktive PETROSENTER med ei finansiering på 35,4 mill. kroner frå Energidepartementet.
Ny klimavennleg energiteknologi
I 2023 bidrog Energidepartementet med betydeleg finansiering til Forskingsrådets satsing innanfor ny miljøvennleg energi, inkludert finansiering av aktivitetane stort program for energi (ENERGIX), forskingssentera for miljøvennleg energi (FME) og forskingsdelen av forskingsprogrammet for CO2-handteringsteknologiar, CLIMIT-FoU. Departementet finansierer også demonstrasjonsdelen CLIMIT-Demo, som blir forvalta av Gassnova, sjå omtale under post 50.
Forskingsrådet finansierte 315 igangverande prosjekt frå ENERGIX og 49 igangverande prosjekt frå CLIMIT-FoU i 2023. Det var 13 aktive FME-ar i 2023, og ordninga hadde ei finansiering på 237 mill. kroner. Den største delen av prosjektfinansieringa går til prosjektleiarar i instituttsektoren (med ei samla finansiering på 426 mill. kroner, tilsvarande 52 prosent), etterfølgd av næringslivet (med ei samla finansiering på 232 mill. kroner, tilsvarande 28 prosent) og UoH-sektoren (med ei samla finansiering på 174 mill. kroner, tilsvarande 20 prosent). Tala inkluderer løyvingar frå Klima- og miljødepartementet og Samferdselsdepartementet.
Som vist i figur 4.2 er satsinga til Forskingsrådet tematisk brei, og i 2023 blei dei tre største områda med finansiering til igangverande prosjekt og aktive FME-ar energiomstilling og verknader for samfunn, klima og natur med 149 mill. kroner, fornybar energi (vindkraft, vasskraft, havenergi, solenergi, bioenergi og geotermisk energi) med 150 mill. kroner og hydrogen og biodrivstoff med 121 mill. kroner. Forskingsrådets satsing på hydrogen og havvind bestod i 2023 av ein portefølje på 53 prosjekt i tillegg til FME HYDROGENi og HyValue med ei total finansiering på 129 mill. kroner og 18 prosjekt i tillegg til FME Northwind med ei total finansiering på 55 mill. kroner.
Boks 4.2 Prosjekteksempel: HONEYMOORING – effektiv forankring av flytande havvind
SEMAR AS har jobba med marine strukturar og strukturanalysar sidan tidleg i 1980-åra, og har mykje erfaring frå marine operasjonar i maritim industri og offshoreindustri. Bedrifta satsar no på å utvikle eigne fortøyingskonsept for flytande havvind. Hovudutfordringa med forankringsløysingar for flytande havvindparkar i dag er at dei er designa med utgangspunkt i tradisjonelle løysingar frå olje og gass. Løysinga til SEMAR er designa slik at ho eignar seg spesielt for serieproduksjon tilpassa flytande havvindparkar. I tillegg vil ho vere kostnadseffektiv og gi reduserte konsekvensar for havbotnen samanlikna med tradisjonelle system beståande av kjetting.
Gjennom utlysingane til ENERGIX og CLIMIT-FoU i 2023 fekk 68 nye prosjekt tildelt totalt 663 mill. kroner i støtte. Av dette beløpet gjekk 217 mill. kroner til 25 innovasjonsprosjekt i næringslivet, 196 mill. kroner til 17 kompetansebyggande prosjekt for næringslivet, 75 mill. kroner til 7 samarbeidsprosjekt for å møte utfordringar i samfunn og næringsliv, og 40 mill. kroner til 5 forskarprosjekt for unge talent. Kvaliteten på prosjekta som når opp i konkurransen om midlar frå ENERGIX, FME og CLIMIT, er gjennomgåande høg.
I 2023 finansierte Forskingsrådet 180 årsverk fordelte på 141 doktorgradsstipendiatar og 39 postdoktorstipendiatar på energiområdet som heilskap. Kvinneandelen blant desse stipendiatane er på rundt 40 prosent. Til saman bidrog prosjekta med finansiering frå ENERGIX, FME og CLIMIT-FoU til 604 vitskapelege publikasjonar i 2023. Det har vore ein nedgang i mengda stipendiatar og vitskapelege publikasjonar dei siste åra, noko som kan sjåast i samanheng med ein reduksjon i mengda forskarprosjekt og ei dreiing mot industriretta prosjekt.
Forskingsmiljøa har eit hovudansvar for å formidle forskinga si, og på energiområda gjer dei det aktivt. ENERGIX og FME-er hadde 219 oppslag i massemedia i 2023, men det er etterslep i registreringane, så dei reelle tala kan vere høgare. Det blir også gjennomført ei rekke konferansar i regi av forskingssentera for miljøvennleg energi gjennom året. I februar 2023 arrangerte Gassnova konferansen CLIMIT Summit med 200 deltakarar frå forskingsmiljø, næringsliv, akademia og offentlege institusjonar i inn- og utland.
Koordineringa og samhandlinga mellom ordningar finansierte av Energidepartementet og ordningar finansierte av andre departement er ei sektorpolitisk prioritering. SFI-ordninga, infrastrukturordninga og Skattefunn er eksempel på ordningar forvalta av Forskingsrådet som også er energirelevante, men som ikkje blir finansierte av Energidepartementet. Forskingsrådet kan etablere fellesutlysingar på tvers av porteføljar, som i 2023 med fellesutlysinga «Areal under press», der seks prosjekt, inkludert eit prosjekt med særleg energirelevans, fekk tildelt 83,3 mill. kroner. Forskingsrådet og Gassnova samarbeider godt med andre verkemiddelaktørar gjennom plattformer som Grøn plattform, PILOT-E og HEILO. I 2023 tildelte Grøn plattform 573 mill. kroner til ni prosjekt, inkludert to prosjekt på flytande havvind, og i 2023 blei HEILO utvida til å omfatte karbonfangst, utnytting og lagring (CCUS) i tillegg til hydrogen og havvind.
Petroleum på veg mot eit lågutsleppssamfunn
Energidepartementet finansierte hovuddelen av aktiviteten i Forskingsrådets målretta satsing innanfor petroleumssektoren. Satsinga til Forskingsrådet består av aktivitetane PETROMAKS 2, DEMO 2000 og PETROSENTER. PETROMAKS 2 og DEMO 2000 finansierte 176 prosjekt med 330 mill. kroner i 2023. Det var tre aktive PETROSENTER i 2023. Den største delen av prosjektfinansieringa går til prosjektleiarar innanfor instituttsektoren (137 mill. kroner, tilsvarande 42 prosent), etterfølgd av næringslivet (136 mill. kroner, tilsvarande 41 prosent) og UoH-sektoren (56 mill. kroner, tilsvarande 17 prosent).
Som vist i figuren ovanfor finansierte aktivitetane prosjekt på tvers av temaområda til OG21-strategien i 2023. Dei tre største temaområda i 2023 var produksjon, prosessering og transport med 91 mill. kroner, boring, komplettering og intervensjon med 78 mill. kroner og reduksjon av klimagassar, energieffektivisering og miljø med 69 mill. kroner. For det sistnemnde området øyremerker departementet 35 mill. kroner av midlane til PETROMAKS 2 og DEMO 2000. Tilveksten av nye prosjekt på dette området har vore svak i 2023, hovudsakeleg som følge av at det har vore få søknader i utlysingane.
Ein analyse frå 2022 av petroleumsporteføljen i perioden 2018–2021 viser korleis forskingsprosjekt kan gi effektar som bidrar til at klimamåla blir nådde. Mange av forskingsresultata vil bidra til reduserte utslepp av klimagassar, enten direkte ved å redusere mengda produsert CO2 frå ei utsleppskjelde, eller indirekte ved meir energieffektive prosessar. Analysen bygger på tilbakemeldingar frå prosjekta, der 68 prosent stadfestar at prosjekta deira har potensial for energieffektivisering eller for å redusere utsleppa til luft.
Boks 4.3 Prosjekteksempel: Smarte autonome system for overvaking og inspeksjon av infrastruktur i havet
Sabotasjen av gassrøyret til Nord Stream i Austersjøen viste verda at det geopolitiske risikobiletet er dramatisk endra. Eit nytt prosjekt, Smarte autonome system for overvaking og inspeksjon av infrastruktur i havet, ønsker å finne løysingar på problemet. Målet er å gjere autonome robotar i stand til å patruljere havområde. Prosjektet skal utvikle smarte autonome system for å overvake og inspisere vital infrastruktur og produksjon i havet. Prosjektet ser mellom anna på korleis risikostyring kan bidra til å utvikle sikrare og meir effektive autonome system. Eit eksempel er korleis robotar kan bu under vatn, og inspisere og overvake undervassinstallasjonar.
I 2023 blei det tildelt til saman 214,4 mill. kroner til 23 prosjekt frå PETROMAKS 2 og DEMO 2000. Av dette beløpet gjekk 106,2 mill. kroner til 8 kompetansebyggande prosjekt for næringslivet, 57,8 mill. kroner til 7 innovasjonsprosjekt i næringslivet og 50,4 mill. kroner til 8 demonstrasjonsprosjekt i næringslivet. 97 prosent av søknadene hadde karakteren 5 eller høgare på ein skala frå 1 til 7. Søknadstilfanget frå næringslivet gjekk ned i 2023, og det er ønskeleg med fleire søknader frå næringslivet framover.
I 2023 finansierte Forskingsrådet 86 årsverk fordelte på 67 doktorgradsstipendiatar og 19 postdoktorstipendiatar på petroleumsområdet som heilskap. Kvinneandelen er på omkring 25 prosent for doktorgradsstipendiatar og 40 prosent på postdoktornivå. Til saman bidrog prosjekta med finansiering frå PETROMAKS 2 og PETROSENTER til 268 vitskapelege publikasjonar i 2023. Dei siste åra har talet på årsverk og vitskapelege publikasjonar gått ned, noko som kan sjåast i samanheng med ein reduksjon i tildelingane til PETROMAKS 2.
Kartlegging av sjøfugl
Det blei utbetalt om lag 13 mill. kroner til sjøfuglprogrammet SEAbird POPulations (SEAPOP) og SEATRACK i 2023. Norsk institutt for naturforsking (NINA) og Norsk polarinstitutt organiserer og utfører arbeidet. I 2023 blei programmet utvida med nye lokalitetar rundt Nordsjøen, mellom anna i Sverige, Danmark, Tyskland, Nederland, UK og Noreg, og fem nye artar blei inkluderte. Utvidinga av programmet med nye lokalitetar og artar vil gi betre grunnlagsdata for å vurdere konsekvensen av havvindutbyggingar i Nordsjøen og andre havområde.
Internasjonalt forskings- og teknologisamarbeid
Energi
Internasjonalt forskingssamarbeid er høgt prioritert, og dei fleste prosjekta i energiporteføljen til Forskingsrådet har internasjonale deltakarar. Særleg forskingssentera er viktige kontaktpunkt for internasjonalt samarbeid generelt og bilateralt samarbeid spesielt.
Takka vere årelang strategisk innsats frå Forskingsrådet for å påverke programma i Horisont Europa og for å mobilisere og kurse norske fagmiljø til utlysingane i programma har norske aktørar lykkast svært godt på energiområdet. Per desember 2023 har norske aktørar som deltar i energidelen av Horisont Europa, fått til saman om lag 115 mill. euro. Tabell 4.12 viser norsk suksessrate (andel innvilga søknader med norsk deltaking) og retur (andel kunngjorde midlar som har gått til norske aktørar) fordelt på sentrale teknologiområde.
Tabell 4.12 Norsk deltaking i Horisont Europa
Suksessrate i prosent | Returrate i prosent | |
---|---|---|
Energilagring | 43 | 5,47 |
Energiproduksjon og -distribusjon | 23 | 4,80 |
Energibruk og -effektivisering | 17 | 2,2 |
Hydrogen, heile verdikjeda | 44 | 1,8 |
Energidepartementet bidrog i 2023 med 6,5 mill. kroner til PES Horisont Europa – støtte til prosjektetablering og posisjonering, som er eit sentralt verkemiddel som skal bidra til at søknader med norsk deltaking i Horisont Europa har høg kvalitet, slik at det norske potensialet blir tatt ut så godt som mogleg.
Forskingsrådet deltar også i EU-initiativet Clean Energy Transition Partnership (CETP), som er ein internasjonal partnarskap under Horisont Europa mellom nasjonale og regionale forskings- og innovasjonsprogram. CEPT skal bidra til energiomstillinga gjennom årlege fellesutlysingar. Europakommisjonen stiller med tilleggsfinansiering til partnarskapen på 30 prosent av det dei nasjonale verkemiddelaktørane bidrar med. Forskingsrådet leiar arbeidsgruppene til CETP innanfor CO2-handtering, hydrogen og fornybart drivstoff. Den første utlysinga frå CEPT resulterte i 46 nye prosjekt som starta hausten 2023, og 14 av dei har norske partnarar. Dei nye prosjekta får totalt 88 mill. euro i finansiering frå verkemiddelaktørane som deltar i CETP. Finansieringa frå Forskingsrådet til norske aktørar er på om lag 105 mill. kroner, fordelt på seks prosjekt innanfor CO2-handtering (frå CLIMIT) og åtte prosjekt innanfor fagområda til ENERGIX.
Forutan EU-arenaen følger Forskingsrådet opp fleire internasjonale samarbeid på energiområdet. I Mission Innovation var det i 2023 fleire aktivitetar som Noreg deltok i, inkludert ferdigstilling av ein pilotstudie med støtte frå eit grønt skipsfartsprogram som såg på ombygging av eit eksisterande bulkskip for bruk av grøn ammoniakk som drivstoff på ei transatlantisk rute mellom Europa, Nord-Amerika og Sør-Amerika. Innanfor hydrogensamarbeidet i MI ein i 2023 relansert ei internasjonal plattform for hydrogendalar (Hydrogen Valley Plattform), der ein i løpet av året har identifisert og beskrive i detalj 89 hydrogendalar over heile verda, inkludert tre i Noreg. Innanfor CO2-fjerning blei det gjennomført ei kartlegging av karbonfjerningsprosjekt (CDR-prosjekt) i verda. I denne kartlegginga har Gassnova deltatt aktivt med bistand frå Forskingsrådet.
I 2023 deltok ikkje Forskingsrådet på noka utlysing i regi av Nordisk Energiforsking, men var aktive i finansieringa og oppfølginga av utlysinga «Hydrogen Valleys as Energy Hubs», som blei gjennomført året før. Det var fem prosjekt som nådde opp i konkurransen. Fire av desse har med norske forskingsinstitusjonar som prosjektkoordinatorar eller prosjektdeltakarar som får finansiert aktiviteten sin frå Forskingsrådet.
Innanfor IEA-samarbeidet var ekspertar frå norske forskingsmiljø og bedrifter aktive på 20 av IEA sine 39 plattformer for teknologisamarbeid (IEA TCP), og dei bidrog med både kompetanse og kunnskap. Det formelle ansvaret for TCP-ane ligg hos Energidepartementet (2), Forskingsrådet (14), NVE (2) og ENOVA (2). Det er etablert ein norsk informasjonsportal, iea.no, som beskriv IEA-samarbeidet. Det blei sett i gang ei større oppdatering av portalen i 2023, eit arbeid som held fram i 2024.
Noreg og USA vedtok i 2023 å avslutte leiarrollene sine i den tekniske gruppa til Carbon Sequestration Leadership Forum (CSLF). CSLF jobbar for utvikling av forbetra og kostnadseffektive teknologiar for CO2-handtering.
Petroleum
Prosjekta innanfor petroleumsporteføljen initierer sjølve internasjonalt samarbeid. Ei rekke land er representerte i samarbeidet. Dei viktigaste samarbeidslanda, som er representerte i flest prosjekt, er USA og Storbritannia. Rammeprogramma i EU har få moglegheiter til å støtte petroleumsforsking. Forskingsrådet har derfor stimulert til fellesutlysingar med tilsvarande organisasjonar i andre land.
I november 2023 blei det sett i gang ei ny fellesutlysing mellom Forskingsrådet og FINEP i Brasil gjennom samarbeidet BN21, med 30 mill. kroner tilgjengelege for norske deltakarar og tilsvarande for brasilianske deltakarar. Utlysinga fokuserer på både petroleumsforsking og miljøvennleg energi (vindkraft, solenergi og hydrogen). Novemberkonferansen, som blir arrangert i Rio de Janeiro i Brasil kvart år, er ein viktig arena for diskusjon og nettverksbygging mellom norske og brasilianske forskingsmiljø. I 2023 dreidde konferansen seg om tema innanfor petroleumsforsking, fornybare energiar, digitalisering, biodiversitet og innovasjonspolitikk.
Energidepartementet har ein intensjonsavtale med Department of Energy (DOE) i USA, og dei arrangerer årlege møte om mellom anna forsking og teknologiutvikling innanfor fossil energi, CO2-handtering, hydrogen, fornybar energi og energieffektivisering. I oktober/november 2023 var det påmeldt 70 deltakarar til eit møte for å følge opp den bilaterale avtalen, og 46 av dei deltok fysisk. Frå Noreg deltok 25 personar frå forskingsinstitutt, næringsliv og myndigheitene.
Gjennom JPI Oceans er det finansiert to prosjekt som belyser økologiske effektar av støy i havet. Prosjekta har relevans både for petroleum og for havvind. Prosjekt som er finansierte gjennom EUs MarTERA ERA-NET Cofund, er no i sluttfasen. Her blir det utvikla undervassrobotikk og utstyr for måling og overvaking av marin miljøstatus og marine økosystem.
Forskingsrådet utbetalte 3 mill. kroner til forskingsprogrammet IODP (Integrated Ocean Drilling Program) i 2023, der Noreg er medlem saman med 20 andre land. Utforsking av Arktis og Antarktis, klimaendringar, naturkatastrofar og ressursar er prioriterte forskingsområde.
Post 75 Norwegian Energy Partners
Departementet foreslår eit tilskot på 28,5 mill. kroner til stiftinga3 Norwegian Energy Partners (NORWEP) i 2025. Tilskotet skal bidra til å fremme internasjonal verksemd for norske selskap innanfor energisektoren og til at informasjon om moglegheiter i internasjonale marknader blir delt, mellom anna ved at det blir halde seminar og lagt til rette for møteplassar som er opne for alle verksemder som ønsker å delta.
Auken frå saldert budsjett 2024 heng saman med prosjektet Lower Emission, som skal bidra til auka eksport av norske lågutsleppsløysingar. Prosjektet skal sikre fleire internasjonale kontraktar til norske bedrifter, som med teknologileveransane og tenestene sine skal bidra til å redusere klimautslepp og energibehov i internasjonal petroleumsverksemd og global prosessindustri.
I tillegg foreslår Nærings- og fiskeridepartementet eit tilskot på 10 mill. kroner til eit særskilt oppdrag til NORWEP om tett samarbeid med resten av dei næringsretta verkemiddelaktørane og utanrikstenesta til å arbeide for å fremma den norske vindkraftnæringa i internasjonale marknader, jf. kap. 940 Internasjonaliseringstiltak, post 70 Eksportfremming.
Mål og aktivitetar
NORWEP har som mål å styrke grunnlaget for norsk verdiskaping og sysselsetting i energiverksemder ved å legge til rette for å fremme internasjonal satsing i energiverksemder som har base i Noreg. Dette blir mellom anna gjort gjennom samarbeid og dialog mellom norsk industri og internasjonale selskap og myndigheiter.
NORWEP arbeider for å fremme eksport mellom anna ved å styrke posisjonen til norsk leverandørindustri innanfor fornybar energi og ved å halde oppe den sterke posisjonen norsk leverandørindustri har i olje- og gassnæringa. NORWEP har også ei viktig rolle i å følge opp regjeringa sin ambisjon om auka eksport.
Det er mange internasjonale prosjektmoglegheiter innanfor olje og gass. NORWEP vil arbeide for at Noreg kan behalde, og auke, marknadsandelen sin i den globale marknaden.
I den internasjonale marknaden for fornybar energi er det størst vekstmoglegheiter innanfor havvind. Norske aktørar har ein relativt liten del av ein sterkt veksande internasjonal marknad innanfor fornybar energi, men det er mogleg å auke den norske marknadsandelen. Innsatsen innanfor fornybar energi-/kraftsektoren vil ha hovudvekt på havvind, vasskraft og såkalla mogleggjerande teknologiar, det vil seie kompetanse på system og teknologiar som høyrer til fornybar energiproduksjon, deriblant digitalisering.
For små selskap er det ekstra krevjande å nå internasjonale marknader. NORWEP tilbyr derfor rådgiving til partnarane innanfor desse områda og har eit eige opplegg knytt til antikorrupsjon. Ved å opptre samla får særleg dei små og mellomstore bedriftene lettare tilgang til myndigheiter og kundar i utlandet.
Eit viktig område for NORWEP framover er teknologiområda der kompetanse frå både fornybar- og petroleumsnæringa kan utnyttast for å auke eksporten av norske varer og tenester. Særleg innanfor havvind er det aukande interesse frå selskap som i dag hovudsakleg er leverandørar til petroleumssektoren. Innanfor CO2-handtering og hydrogen vil også NORWEP kunne hjelpe norskbasert teknologi og kompetanse med å konkurrere i utlandet.
NORWEP har i dei seinare åra bygd ein sterk organisasjon med fagkompetanse på alle teknologiområda. Organisasjonen har eit uteapparat med lokale rådgivarar i om lag 25 marknader utanfor Noreg. Dei internasjonale rådgivarane skal dekke heile energifeltet.
Resultat 2023
NORWEP hadde inntekter på om lag 69 mill. kroner, av dei var om lag 35,2 mill. kroner tilskot frå Energidepartementet. NORWEP hadde eit negativt årsresultat på om lag 0,5 mill. kroner, som blei dekt inn frå annan eigenkapital. Annan eigenkapital var på om lag 9,5 mill. kroner per 31. desember 2023.
Menon Economics gjennomførte i 2023 ei evaluering av måloppnåinga og effektiviteten for NORWEP og moglegheitene for å endre finansieringsform (Menon-publikasjon nummer 90/2023). I evalueringa blir det trekt fram at NORWEP har bidratt til auka og/eller raskare internasjonalisering av industrien, og at organisasjonen når måla som er sette, på ein god måte.
NORWEP hadde 337 partnarar per 31. desember 2023. Stadig fleire små og mellomstore selskap ønsker tenestene til stiftinga. Små og mellomstore bedrifter utgjer meir enn 85 prosent av selskapa som er partnarar i NORWEP, men bidrar med ein relativt liten andel (44 prosent) av partnarinntektene. Digitale møteplassar var ei effektiv møteform også i 2023, og stod for nær 50 prosent av møtearenaene til NORWEP.
I 2023 la NORWEP vekt på bedriftsmøte for å treffe kundane, og dei hadde 957 slike møte i 2023. Bedriftsmøte utgjer ein stadig større del av arrangementa til NORWEP.
NORWEP la i 2023 innsatsen sin i marknader der det finst kompetansefortrinn for norsk energiindustri. Dei brukte bransjekompetansen sin innanfor energinæringane for å fremme etablerte næringar som havvind, vasskraft og olje og gass, men også for å kartlegge moglegheiter for «nye» næringar, for eksempel hydrogen, CO2-handtering og andre lågutsleppsteknologiar.
NORWEP gjennomførte 131 arrangement med totalt 10 206 deltakarar. Om lag halvparten av arrangementa var innanfor fornybar energi. International Energy Forum i Oslo i november var ein viktig arena for å samle kundar, partnarar og industrien, og det var totalt 1 000 deltakarar på dei parallelle energisesjonane.
Programkategori 18.60 Sikkerheit og arbeidsmiljø
Utviklingstrekk
Petroleumsverksemda har over tid utvikla eit høgt HMS-nivå. Myndigheitene legg til rette gjennom utvikling og forvaltning av regelverk, kunnskapsutvikling og oppfølging av at næringa varetar det pålagde ansvaret. Eit fullt forsvarleg arbeidsmiljø og sikker drift i næringa blir oppretthalde over tid gjennom at det blir lagt til rette for medverknad, systematisk risikovurdering, førebygging og kontinuerleg forbetring og læring.
Prosjektet Risikonivå i norsk petroleumsverksemd (RNNP) har sidan år 2000 overvaka risikoutviklinga i petroleumsverksemda og er organisert i eit samarbeid mellom Havindustritilsynet, partane i næringa og forskingsmiljø. RNNP består av fire årlege rapportar. Hovudrapporten, landrapporten og samandragsrapporten blir publiserte i april. Rapporten om akutte utslepp blir publisert i oktober, sjå omtale i kap. 6 Omtale av klima- og miljørelevante saker, i del III av proposisjonen. RNNP bygger mellom anna på innrapportering frå næringa, og annakvart år blir det gjennomført ei spørjeundersøking blant tilsatte offshore om HMS-tilstand, arbeidsmiljø og vurdering av eiga helse. Det er utvikla særlege storulykkeindikatorar for arbeidet med RNNP, og selskapa rapporterer inn data for 21 definerte fare- og ulykkeshendingar (DFU-ar)4. Utviklinga på andre risikorelaterte område blir også målt, med data frå testar av sikkerheitskritiske barrierar og informasjon om utført og uteståande vedlikehald.
RNNP viser at HMS-nivået i petroleumsverksemda over tid har utvikla seg i positiv retning, og myndigheitene og partane er einige om at HMS-nivået i norsk petroleumsverksemd er høgt. Totalindikatoren for storulykker, som reflekterer både talet på alvorlege hendingar og potensialet for tap av liv som følge av hendingane, viser ei langsiktig positiv utvikling på sokkelen. Resultata for 2023 er dei beste sidan målinga starta. Talet på hendingar med storulykkepotensial har lege på eit stabilt lågt nivå sidan 2013. Nivået i perioden 2013–2023 er lågare enn i perioden før.
Resultata for landanlegga viser likevel ein auke i talet på hendingar med storulykkepotensial sidan 2019, først og fremst innanfor hydrokarbonlekkasjar som ikkje tar fyr. Denne trenden heldt fram også i 2023. Den negative utviklinga er i hovudsak knytt til få enkeltanlegg som gir utslag på statistikken som heilskap. Utviklinga på landanlegga viser at det framleis er behov for å rette stor merksemd mot forbetring og førebyggande arbeid knytt til helse, miljø og sikkerheit.
Arbeidsmiljøet i petroleumsverksemda har i hovudsak hatt ei positiv utvikling over tid, men næringa har framleis enkelte utfordringar. Tal frå RNNP 2023 viser at det på norsk sokkel blei meldt 185 rapporteringspliktige personskadar til Havindustritilsynet, mot 234 i 2022. Talet på alvorlege personskadar på sokkelen viser samtidig ein svak oppgang i 2023, da det blei registrert 25 hendingar av denne typen, mot 22 i 2022. Sidan 2010 har det vore to dødsulykker i norsk petroleumsverksemd, mot seks i tiårsperioden før. Spørjeundersøkinga i samband med RNNP viser for 2023 ei positiv utvikling knytt til ei rekke arbeidsmiljøforhold og sikkerheitsfaktorar for tilsette på sokkelen. På landanlegga har utviklinga vore stabil sidan siste måling i 2021.
Det er ei prioritert oppgåve for regjeringa å vareta samfunnssikkerheit og nasjonal sikkerheit på kontinentalsokkelen. Regjeringa foreslår i budsjettet å styrke Havindustritilsynet for å dekke eit auka behov på sikrings- og samfunnsikkerheitsområdet.
Trusselbiletet for norsk petroleumsverksemd er varig endra som følge av Russlands krig mot Ukraina. Europa har no større behov for at Noreg er ein sikker leverandør av gass. Dette har ført til auka beredskap og merksemd rundt sikkerheit og sikring på sokkelen og ved landanlegga. Samtidig er aktivitetsnivået i bransjen også høgt, noko som gir press på kapasitet og kompetanse innanfor fleire fagdisiplinar. Både myndigheitene og næringa følger med på utviklinga i risiko- og trusselbiletet. Myndigheitene forventar at næringa følger opp i tråd med regelverket. Sidan 2013 har Havindustritilsynet sett ei tydeleg positiv utvikling i måten næringa arbeider med sikring på, og frå 2022 har både selskapa og myndigheitene retta enda meir merksemd mot dette og intensivert oppfølginga av tiltak. Sjå også omtale av Havindustritilsynets arbeid under Resultat 2023. Energidepartementet sitt sikkerheits- og beredskapsarbeid innan petroleumsverksemda er nærmare omtalt i kapittel 7 Sikkerheit- og beredskapsarbeid, i proposisjonens del III.
Klimautfordringane påverkar også i stadig større grad utviklinga i petroleumsverksemda. Næringa utviklar og tar i bruk stadig meir ressurseffektive og miljøvennlege løysingar, og omstiller seg til også å bidra innanfor nye energiformer. Endringsprosessane er ofte komplekse, og det kan vere utfordrande å gjennomføre heilskaplege vurderingar av kva konsekvensar endringane kan få for sikkerheit og arbeidsmiljø. Myndigheitene følger utviklinga tett, mellom anna gjennom dialog med aktuelle partar og samarbeid mellom aktuelle myndigheiter.
Hovudmål
Regjeringa har som ambisjon at norsk petroleumsverksemd skal vere verdsleiande på HMS. Dette gjeld også for dei nye industrinæringane på sokkelen. Dette skal bidra til sikker drift og sikkerheit for arbeidstakarane på sokkelen.
Eit høgt HMS-nivå er ikkje noko ein kan ta for gitt. På enkelte område er det framleis behov for betre førebyggande arbeid og tilpassa oppfølging av risiko. Regjeringa legg til grunn at det etablerte HMS-regimet med eit godt partssamarbeid og ei tydeleg tilsynsmyndigheit framleis vil vere avgjerande for ei kontinuerleg forbetring av HMS-nivået på sokkelen.
Både ansvaret for og nøkkelen til kontinuerleg forbetring av HMS-nivået og effektiv drift ligg hos næringa sjølv. Oppfølginga frå myndigheitene kjem i tillegg til, ikkje som erstatning for, oppfølging frå selskapa sjølve. Dette ansvaret inneber også oppfølging av kontrollplikta, både operatøren si oppfølging av leverandørar nedover i kjeda og rettshavaren si oppfølging av operatøren. Myndigheitene forventar at næringa er i stand til å styre og tilpasse seg endringar og samtidig ta ansvar for å vidareutvikle og styrke sikkerheita og arbeidsmiljøet.
Kunnskap og ny teknologi er i rask utvikling i petroleumsverksemda og i ny industriverksemd til havs. Teknologiutvikling fører i all hovudsak til betre sikkerheit og effektivitet, men kan også føre med seg nye utfordringar som verksemdene må handtere. Det er forventa at aktørane utviklar og tar i bruk ny teknologi som bidrar til auka effektivitet og sikkerheit og til kontinuerleg forbetring av HMS-nivået.
Det er nødvendig med kontinuerleg kunnskapsutvikling og god dokumentasjon om HMS, ikkje minst som følge av den teknologiske utviklinga. I petroleumsverksemda er den løpande utviklinga og oppfølginga av RNNP eit viktig tiltak i denne samanhengen.
Det er behov for framleis å satse på forsking og innovasjon innan HMS i sektoren. Grunnleggande og anvend forsking, mellom anna finansiert gjennom midlar til Forskingsrådet, bidrar til ny kompetanse, teknologi og innovasjon for å forhindre storulykker og forbetre helse, arbeidsmiljø, sikkerheit og sikring i sektoren jf. omtale under programkategori 18.30.
Energidepartementets mål og oppgåver
Energidepartementet har ansvar for etatsstyringa av Havindustritilsynet og forvaltningsansvar for arbeidsmiljø, sikkerheit, beredskap og sikring etter petroleumslova, havenergilova og havbotnminerallova og for arbeidsmiljølova når det gjeld verksemd under Havindustritilsynets tilsynsområde. Departementet er også delegert myndigheit etter lov 21. juni 1963 nr. 12 om vitenskapelig utforskning og undersøkelse etter og utnyttelse av andre undersjøiske naturforekomster enn petroleums- og mineralforekomster når det gjeld transport og lagring av CO2 på kontinentalsokkelen.
Departementet har det overordna ansvaret for forvaltninga av arbeidsmiljøet og for sikkerheit og beredskap i petroleumsverksemda og anna industriverksemd til havs. Departementet skal sørge for ei samordna og heilskapleg forvaltning av lovreglar som handlar om krav til og tilsyn med arbeidsmiljø, sikkerheit, beredskap og sikring.
Departementet vil gjennom styringsdialogen følge opp korleis Havindustritilsynet arbeider med arbeidsmiljø, sikkerheit, beredskap og sikring i tilknyting myndigheitsansvaret sitt.
Gjennom etatsstyringa av Havindustritilsynet vil departementet arbeide for aktiv myndigheitsoppfølging av verksemdene og legge vekt på at Havindustritilsynet er tydeleg i bruken av verkemiddel og reaksjonar.
I gjennomføringa av konsesjonsrundar og godkjenning av utbyggingsplanar vil departementet sjå til at aktørane på norsk sokkel er seriøse og kompetente, og på den måten bidra til å oppretthalde eit høgt HMS-nivå på norsk sokkel.
Den norske modellen, med eit velfungerande to- og trepartssamarbeidet, er vesentlege føresetnader og viktige arenaer for HMS-regimet på sokkelen. Eit godt samarbeid føreset god og open kommunikasjon, gjensidig anerkjenning av roller og ansvar og reell medverknad frå arbeidstakarane. Departementet vil legge vekt på at Havindustritilsynet i samarbeid med partane held fram med å legge til rette for eit godt partssamarbeid.
Energidepartementets resultat for 2023
Ved kongeleg resolusjon 11. mai og 20. juni 2023 fekk Energidepartementet ansvaret for etatsstyringa av Petroleumstilsynet og for forvaltninga av arbeidsmiljø, sikkerheit, beredskap og sikring i petroleumsnæringa og anna industriverksemd til havs. Departementet har i 2023 mellom anna arbeidd med å få på plass ei heilskapleg og samordna forvaltning av petroleumsområdet under energiministeren, i tråd med grunngivinga for myndigheitsoverføringa. Ved kongeleg resolusjon 15. september 2023 endra Petroleumstilsynet namn til Havindustritilsynet (Havtil), med verknad frå 1. januar 2024. Formålet med namneendringa var å reflektere etaten sitt utvida ansvarsområde knytt til CO2-transport og -lagring, fornybar energiproduksjon til havs og havbotnmineral.
Havindustritilsynet
Havindustritilsynet skal legge premissar for og følge opp at aktørane innanfor myndigheitsområdet deira held eit høgt nivå når det gjeld sikkerheit, helse, arbeidsmiljø og sikring.
Myndigheitsansvaret til Havindustritilsynet omfattar petroleumsverksemda på norsk kontinentalsokkel i tillegg til enkelte nærmare angitte petroleumsanlegg på land. Havindustritilsynet har også ansvar for å følge opp sikringstiltaka til aktørane og beredskapen deira mot bevisste anslag.
Havindustritilsynet blei i mai 2023 utpeikt som sektortilsyn etter sikkerheitslova for petroleumsverksemda, og følger opp at verksemdene tar ansvar for sikkerheit og sikring i tråd med sektorregelverket og sikkerheitsregelverket.
Havindustritilsynet har også tilsynsansvar for arbeidsmiljø, sikkerheit og beredskap for transport og lagring av CO2 i undersjøiske geologiske formasjonar på kontinentalsokkelen. Havindustritilsynet har vidare ansvar knytt til havenergilova § 5-1 om beredskap, sikkerheit og arbeidsmiljø og havbotnminerallova kapittel 6 og § 9-1 om sikkerheit og beredskap.
Havindustritilsynet skal, på eit fagleg og sjølvstendig grunnlag, følge opp at aktørane følger opp ansvaret dei har etter petroleumslovgivinga, arbeidsmiljølovgivinga og anna relevant regelverk som er tillagt myndigheita til Havindustritilsynet.
Havindustritilsynet har kontor i Stavanger. Det blei utført 165 årsverk i 2023.
Mål
Havindustritilsynet skal bidra til å nå følgande hovudmål innanfor ansvarsområdet sitt:
at risikoen for storulykker i petroleumsverksemda blir redusert
at verksemdene har eit systematisk førebyggande helse-, arbeidsmiljø- og sikkerheitsarbeid og forsvarlege arbeidsforhold
at verksemdene har nødvendige sikringstiltak som skal bidra til å hindre uønskte hendingar, og at dei sørger for beredskap tilpassa det til kvar tid gjeldande risikobiletet
Havindustritilsynet følger opp verksemdene gjennom tilsyn, rettleiing og informasjon. I denne oppfølginga legg dei vekt på å vere ei sterk og tydeleg tilsynsmyndigheit som har nødvendig tillit, legitimitet og autoritet gjennom tilsynsrolla.
Det er verksemdene som er ansvarlege for HMS-nivået på eigne anlegg og innretningar. Havindustritilsynet fører tilsyn med at aktørane følger opp ansvaret sitt gjennom alle fasar av verksemda.
I petroleumsverksemda er det potensial for storulykker. Verksemdene er derfor ansvarlege for å førebygge, ha beredskap for og sette i verk risikoreduserande tiltak i tråd med regelverket.
Ein føresetnad for å kunne vareta sikker drift, eit fullt forsvarleg arbeidsmiljø og arbeidsforhold i tråd med regelverket er at verksemdene på kvar enkelt arbeidsplass legg til rette for eit godt fungerande topartssamarbeid, gjer systematiske risikovurderingar og set i verk risikoreduserande tiltak for kontinuerleg læring og forbetring.
Resultat 2023
Redusere risikoen for storulykker
Havindustritilsynet bruker resultat frå RNNP saman med informasjon frå tilsynsaktivitetar og oppdatert kunnskap som grunnlag for å sikre ei målretta og risikobasert tilsynsoppfølging. I tilknyting til hovudmålet om å redusere risikoen for storulykker i petroleumssektoren har Havindustritilsynet prioritert desse områda for oppfølging i 2023:
Brønnkontrollhendingar kan innebere fare for ei storulykke og er eit område med høg prioritet for Havindustritilsynet. I 2023 gjennomførte etaten ein møteserie med operatørar og fagekspertar om førebygging av brønnkontrollhendingar gjennom betre estimering av pore- og oppsprekkingstrykk. Havindustritilsynet har også bidratt til ei ny internasjonal retningslinje på området i regi av International Association of Oil & Gas Producers. Denne retningslinja vil vere viktig for næringa i arbeidet med å utvikle metodar og ny teknologi innanfor brønnkontroll. Havindustritilsynet gjennomførte fleire tilsyn med planlegging og gjennomføring av bore- og brønnintervensjonsoperasjonar og førte også tilsyn med brønnkontrollkompetanse hos entreprenørane. Mellom anna gjennom å bidra til oppdatert kunnskap har etaten også vore ein pådrivar for ytterlegare reduksjon av risiko knytt til brønnkontrollhendingar.
Hydrokarbonlekkasjar som tar fyr, kan resultere i brann eller eksplosjon og dermed tap av menneskeliv, akutte utslepp av hydrokarbon til luft og sjø og tap av store materielle verdiar. Totalt sett har talet på hydrokarbonlekkasjar på sokkelen gått markant ned i perioden 2005–2023, men på landanlegga har det vore ein aukande trend dei siste fire åra. Tilsyn og rettleiing frå Havindustritilsynet skjer gjennom oppfølging av hendingar og selskapa sine system og arbeidsprosessar som skal hindre lekkasjar. Havindustritilsynet prioriterer oppfølging av dei innretningane og anlegga der utfordringane og risikoen er størst.
Havindustritilsynet granska i 2023 ein gasslekkasje på Hammerfest LNG-anlegg og har gjennomført fleire tilsyn med barrierestyring knytt til hydrokarbonlekkasjar som tema. Havindustritilsynet har også gjennomført fleire tilsyn med elsikkerheit på innretningar, ettersom feil i elektrisk utsyr kan fungere som tennkjelde i tillegg til å føre til personskade i seg sjølv. Målet er å auke forståinga av kor viktig god barrierestyring er med tanke på forsvarleg drift. I sum gir tilsynserfaringar og informasjon frå RNNP eit bilete som tilseier at næringa blir stadig betre til å styre sikkerheitskritiske barrierar.
Manglande vedlikehald er ofte ei medverkande årsak til mellom anna konstruksjonshendingar. Tilsyn frå Havindustritilsynet viser at selskapa prioriterer vedlikehald av sikkerheitskritisk utstyr høgt, men at det framleis er eit forbetringspotensial når det gjeld vedlikehaldsstyring. Havindustritilsynet har gjennomført ei rekke tilsyn og studiar der temaet har vore korleis selskapa handterer integriteten til konstruksjonar, med formål om å bidra til betre sikkerheit på dette området. Oppfølginga er særleg retta mot korrosjon under isolasjon i prosessanlegg, marine system og røyrleidningar for transport av olje og gass. Havindustritilsynets kunnskapsformidling bidrar også til å sette vedlikehald høgt på dagsordenen og til å auke bevisstheita rundt god vedlikehaldsstyring for reduksjon av storulykkerisiko.
Førebyggande helse-, arbeidsmiljø- og sikkerheitsarbeid
I oppfølginga av dette ansvarsområdet har Havindustritilsynet i 2023 særleg lagt vekt på korleis selskapa styrer oppfølging av det fysiske og kjemiske arbeidsmiljøet, og organisatorisk/psykososialt arbeidsmiljø og ergonomi. Dette kjem i tillegg til den kontinuerlege oppfølginga av det førebyggande arbeidet selskapa gjer for å redusere arbeidsmiljørisiko, hindre akutte personskadar og vareta seriøse og anstendige arbeidsvilkår.
Havindustritilsynet har mellom anna lagt vekt på risiko knytt til eksponering for kreftframkallande kjemikaliar. I samarbeid med Statens arbeidsmiljøinstitutt har Havindustritilsynet bidratt til betre data knytt til eksponering for dieseleksos. Etaten har følgt opp handteringa i selskapa både gjennom tilsyn med enkeltselskap og gjennom informasjonsinnhenting og kunnskapsutvikling.
Havindustritilsynet fører tilsyn med og gir rettleiing innanfor heile breidda av arbeidsmiljøfeltet. I tilsynsverksemda si i 2023 har dei mellom anna retta større merksemd mot førebygging av personskadar i tilknyting til løfteoperasjonar. Saman med partane i næringa har dei etablert eit samarbeidsråd for utarbeiding og vedlikehald av opplæringsplanar for dokumentert sikkerheitsopplæring innanfor kran- og løfteoperasjonar.
I 2023 har Havindustritilsynet også fokusert på korleis psykososiale og organisatoriske faktorar, som kan auke risikoen for muskel- og skjelettplager, blir inkluderte i risikovurderingane til selskapa. Havindustritilsynet har erfart at det er stor interesse i bransjen for dette.
Havindustritilsynet starta i 2023 eit kunnskapsprosjekt for å bidra til å styrke kunnskapsgrunnlaget i petroleumsverksemda knytt til oppfølging og styring av psykososial og organisatorisk risiko på gruppenivå. Prosjektet skal etter planen ferdigstillast i 2024. Kunnskapen vil bli delt med næringa og mellom anna bli brukt når Havindustritilsynet planlegg og prioriterer framtidige tilsynsaktivitetar.
Tilrettelegging for medverknad frå arbeidstakarane er eit sentralt krav i petroleumsregelverket og arbeidsmiljølova. Dette har også i 2023 vore eit viktig tema i tilsyn og oppfølging av selskapa og i dialogen med partane i næringa. Havindustritilsynet ser framleis variasjon i korleis selskapa legg til rette for medverknad, men erfarer at oppfølginga bidrar til auka merksemd og høgare prioritet i selskapa.
Havindustritilsynet har også gjennom fleire år følgt opp moglege negative HMS-konsekvensar av rammevilkår i næringa. I 2022 gjennomførte Safetec ein studie av korleis endra rammevilkår kan påverke sikkerheita og arbeidsmiljøet hos leverandørar i petroleumsverksemda. Studien viste at slike endringar kan ha betydning for organisering, leiing og arbeidspraksis på måtar som kan gi negative konsekvensar for arbeidsmiljøet og sikkerheita hos leverandørane. Havindustritilsynet har også gjort funn i tilsyn som viser at aktørane må rette merksemd mot dette. Resultata frå studien har blitt presenterte for næringa på ulike arenaer i 2023. Rammevilkår vil framleis vere eit høgt prioritert tema for Havindustritilsynet.
Når det gjeld ny industriverksemd til havs, blei eit forslag til forskrift om sikkerheit og arbeidsmiljø for fornybar energiproduksjon til havs sendt på høyring i slutten av 2023 med høyringsfrist 1. mars 2024. Det vidare arbeidet med å ferdigstille forskrifta og nødvendige lovendringar blir no følgt opp av Havindustritilsynet og Energidepartementet.
Havindustritilsynet har vidare følgt opp myndigheitsansvaret for sikkerheit og beredskap knytt til havbotnmineral gjennom å prioritere arbeidet med å utvikle eit godt kunnskapsgrunnlag når det gjeld planar og teknologiske løysingar for leiting etter havbotnmineral, og utvikling av risikobiletet knytt til denne aktiviteten.
Sikker CO2-handtering er eit viktig tiltak for å redusere dei globale utsleppa av klimagassar. Havindustritilsynet regulerer og fører tilsyn med transport og injeksjon av CO2 på norsk sokkel. Det er utarbeidd eit arbeidsmiljø- og sikkerheitsregelverk på området. Havindustritilsynet følger med på utviklinga i næringa og følger opp myndigheitsansvaret sitt i takt med utviklinga.
Det skjer eit utstrekt arbeid i petroleumsnæringa for å redusere klimaavtrykket ved produksjon av olje og gass. Utviklinga skjer mellom anna ved elektrifisering, produksjon av hydrogen og ammoniakk, og transport og lagring av CO2. I tillegg arbeider næringa med å forbetre prosessar og produksjon for å redusere CO2-utslepp. Havindustritilsynet har i 2023 følgt med på utviklinga for å identifisere område med høg HMS-risiko, og har i tillegg arbeidd med kunnskapsinnhenting og regelverksutvikling.
Sikring og beredskap for å bidra til å hindre uønskte hendingar
Sikring og samfunnssikkerheit har også det siste året hatt stor merksemd i petroleumsverksemda, noko som har samband med den krevjande sikkerheitssituasjonen i Europa. Både myndigheitene og næringa følger med på utviklinga i risiko- og trusselbiletet. Myndigheitene forventar at næringa i tråd med regelverket følger opp og tilpassar sikringstiltak og beredskap til det risikobiletet som til kvar tid gjeld.
Havindustritilsynet har bidratt til arbeidet med å forbetre sikringstilstanden gjennom tilsyn, dialog og møte med aktørane i næringa og gjennom samhandling og dialog med andre myndigheiter. Havindustritilsynet har også bidratt til den nasjonale beredskaps- og krisehandteringa gjennom å dele kunnskap om situasjonsbiletet i petroleumsverksemda. Ei felles situasjonsforståing og eit betre forstått situasjonsbilete er viktig for at myndigheitene skal kunne få eit betre avgjerdsgrunnlag for handtering av situasjonen, god samhandling om iverksetting av tiltak og tilpassa oppfølging av aktørane.
Sidan 2013 har Havindustritilsynet sett ei tydeleg positiv utvikling i måten næringa arbeider med sikring på, og frå 2022 har både selskapa og myndigheitene retta enda meir merksemd mot dette og intensivert oppfølginga av tiltak. Bakgrunnen for det er at myndigheitene i 2022 heva sikkerheitsnivået på norsk sokkel.
Havindustritilsynet har dei seinare åra også fokusert meir på arbeidet med IKT-sikkerheit og sikring av IKT-system, mellom anna gjennom kunnskapsutvikling og formidling. I 2023 retta Havindustritilsynet i tillegg merksemd mot kunstig intelligens, som i stadig større grad blir tatt i bruk på innretningar og anlegg i petroleumsverksemda. Dette har bidratt til ein produktiv dialog om tilnærminga til selskapa si risikostyring ved bruk av kunstig intelligens.
Kap. 1860 Havindustritilsynet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2023 | Saldert budsjett 2024 | Forslag 2025 |
01 | Driftsutgifter, kan nyttast under post 21 | 342 729 | 349 324 | 374 000 |
21 | Spesielle driftsutgifter, kan overførast | 38 421 | 34 400 | 25 500 |
23 | Oppdrags- og samarbeidsverksemd, kan overførast1 | 4 000 | ||
Sum kap. 1860 | 381 150 | 383 724 | 403 500 |
1 Løyvd under post 21 Spesielle driftsutgifter i 2023 og 2024.
Post 01 Driftsutgifter, kan nyttast under post 21
Departementet foreslår å løyve 374 mill. kroner til lønnsutgifter og andre utgifter til drift av Havindustritilsynet. Lønnsrelaterte utgifter utgjer omkring 80 prosent. Vidare blir det foreslått ei fullmakt til å overskride løyvinga mot tilsvarande meirinntekter under kap. 4860, post 10 Refusjonar, jf. forslag til vedtak II.
Forutan lønns- og prisjustering har auken frå saldert budsjett 2024 samanheng med at departementet foreslår å styrke Havindustritilsynet med 15 mill. kroner for å dekke eit auka behov på sikrings- og samfunnsikkerheitsområdet. Dette omfattar infrastruktur og utstyr for å handtere gradert informasjon og vareta oppfølging av sikkerheitslova innanfor eigen sektor.
Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast
Departementet foreslår å løyve 25,5 mill. kroner til gjennomføring av tilsyn med petroleumsaktivitetar som Havindustritilsynet utfører på eiga hand eller med bistand frå andre. Utgiftene blir dekte enten av inntekter frå gebyr eller av sektoravgift frå operatørselskapa/kontraktørane. Inntektene blir førte under kap. 4860, post 01 Gebyrinntekter eller kap. 5582, post 75 Sektoravgifter under Havindustritilsynet.
Reduksjon frå saldert budsjett 2024 har samanheng med lågare aktivitet for den internasjonale oppdrags- og samarbeidsverksemda, som frå 2025 blir budsjetterte under ny post 23.
Post 23 Oppdrag- og samarbeidsverksemd, kan overførast
Departementet foreslår ei løyving på 4 mill. kroner og ei fullmakt til å overskride løyvinga mot tilsvarande meirinntekter under kap. 4860, post 02 Oppdrags- og samarbeidsinntekter, jf. forslag til vedtak II.
Løyvinga dekker utgifter knytte til samarbeidsavtalar om rådgiving for utviklingsland innanfor sikkerheit og arbeidsmiljø, jf. tilsvarande inntektsløyving under kap. 4860, post 02.
Kap. 4860 Havindustritilsynet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2023 | Saldert budsjett 2024 | Forslag 2025 |
01 | Gebyrinntekter | 77 359 | 85 800 | 89 000 |
02 | Oppdrags- og samarbeidsinntekter | 13 293 | 8 900 | 4 000 |
10 | Refusjonar | 357 | ||
Sum kap. 4860 | 91 009 | 94 700 | 93 000 |
Post 01 Gebyrinntekter
Posten omfattar gebyrinntekter frå tilsyn med helse, miljø og sikkerheit i petroleumssektoren og tilsyn som rettar seg mot eitt selskap.
Post 02 Oppdrags- og samarbeidsinntekter
Posten omfattar inntekter frå oppdrags- og samarbeidsverksemda, jf. kap. 1860, post 23.
Kap. 5582 Sektoravgifter under Energidepartementet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2023 | Saldert budsjett 2024 | Forslag 2025 |
75 | Sektoravgifter under Havindustritilsynet | 145 478 | 134 933 | 145 000 |
Sum kap. 5582 | 145 478 | 134 933 | 145 000 |
Post 75 Sektoravgifter under Havindustritilsynet
Havindustritilsynet dekker sine kostnader for tiltak retta mot heile eller delar av petroleumsnæringa gjennom sektoravgifter, med heimel i Forskrift om adgang til å kreve gebyr og sektoravgift for tilsyn og annen oppfølging med arbeidsmiljø og sikkerhet i petroleumsvirksomheten.
Auken i sektoravgifta frå saldert budsjett 2024 heng mellom anna saman med auka utgifter i samband med styrkinga av kapasiteten og ressursane i Havindustritilsynet som tilsynsmyndigheit for å dekke det auka behovet på sikrings- og samfunnsikkerheitsområdet.
Sektoravgiftene blir fastsette slik at dei samla sektoravgiftene ikkje overskrid kostnadene Havindustritilsynet har med tilsyns- og kontrollarbeidet.
Fotnotar
CERT (Computer Emergency Response Team). KraftCERT er eit selskap som støttar kraftbransjen både i førebyggande arbeid og i handtering av digitale hendingar.
I rapporten «Havvind – Kostnader og utviklingstrekk» frå Menon (2024) som blei utarbeidd på oppdrag frå Offshore Norge, finn Menon Economics at energikostnad over levetid (LCOE) for botnfast havvind fall med 58 prosent mellom 2013 og 2021, men auka med 27 prosent frå 2021 til 2023.
Stiftarar: Nærings- og fiskeridepartementet, Utanriksdepartementet, Energidepartementet, Norges Rederiforbund, Norsk Industri, Offshore Norge, Energi Norge, Equinor, Statkraft og LO.
Dei 21 DFU-ane er: hydrokarbonlekkasje som ikkje tar fyr, hydrokarbonlekkasje som tar fyr, brønnhending / tap av brønnkontroll, brann/eksplosjon i andre område, skip på kollisjonskurs, drivande gjenstand, kollisjon med feltrelatert fartøy/innretning/skytteltankar, skade på innretningskonstruksjon / stabilitets-/forankrings-/posisjoneringsfeil, lekkasje frå stigerøyr, røyrleidning og undervassproduksjonsanlegg, evakuering, helikopterhending, mann over bord, alvorlege personskadar og dødsulykker, arbeidsrelatert sjukdom, full straumsvikt, dykkeulykke, H2S-utslepp, kran- og løfteoperasjonar og fallande gjenstandar.