Del 1
Innleiande del
1 Energipolitikken til regjeringa
Regjeringa fører ein politikk som bidrar til å skape verdiar og lønnsame og attraktive arbeidsplassar i heile landet, og som aukar dei grøne investeringane, styrker eksporten og kuttar klimagassutsleppa.
Situasjonen i energimarknadene dei siste åra, både her heime og ikkje minst i Europa elles, gir oss ei viktig påminning om betydninga av stabil tilgang på energi og ressursar.
Noreg er ein energinasjon som har ulike energinæringar med ulike formål og oppgåver. Vi har ein stor kraftsektor som i all hovudsak er dimensjonert etter våre nasjonale energibehov. Vi har ein vesentleg større petroleumssektor, som produserer betydelege mengder olje og gass. Petroleumssektoren i Noreg er ei eksportverksemd som bidrar til å dekke det grunnleggande behovet for energi i verda, ikkje minst i Europa.
Regjeringa vil halde fram arbeidet med å styrke den norske kraftforsyninga gjennom å auke tilgangen på fornybar produksjon, styrke overføringsnettet og arbeide for energieffektivisering. Regjeringa har styrkt energimyndigheitene med auka ressursar og satsar på digitalisering for effektivisering og forenkling.
Regjeringa er godt i gang med å følge opp ambisjonen om å tildele prosjektområde til havvind for 30 GW innan 2040. I 2024 blei den første auksjonen for prosjektområde for havvind på norsk kontinentalsokkel gjennomført.
Neste runde med utlysing av prosjektområde er planlagd i 2025 og regjeringa foreslår eit støtteprogram for flytande havvind i områda Vestavind F og Vestavind B, jf. nærmare omtale i kapittel 10 i del III av proposisjonen. Støtteprogrammet skal medverke vesentleg til utviklinga av flytande havvind. Regjeringa ber no Stortinget om ei fullmakt med kostnadsramme på 35 mrd. kroner (2025-kroner). Regjeringa legg vidare opp til jamlege utlysingar av areal og støttekonkurransar. Det vil bli vurdert og tatt stilling til nivået på statsstøtte i samband med utlysingsrundane.
Regjeringa legg vekt på at effektiv bruk av energi står sentralt i ei kostnadseffektiv utvikling av kraftsystemet. Regjeringa har styrkt arbeidet med energieffektivisering betydeleg, og la hausten 2023 fram ein handlingsplan for energieffektivisering som set retninga for korleis myndigheiter og andre skal jobbe med energieffektivisering i tida som kjem.
Regjeringa tar klimautfordringa på alvor og fører ein ambisiøs politikk for utsleppsreduksjonar, grøn vekst og verdiskaping i heile landet. Noregs mål under Parisavtalen er å redusere dei totale utsleppa med minst 55 prosent i 2030 samanlikna med 1990-nivået. I 2050 er det eit mål at Noreg skal vere eit lågutsleppssamfunn, og at klimagassutsleppa er reduserte med 90–95 prosent samanlikna med nivået i 1990. Regjeringa vil føre ein effektiv klimapolitikk som tar omsyn til sosiale forskjellar og legg til rette for verdiskaping i heile landet.
Regjeringa ønsker å legge til rette for nye næringar og har lansert eit oppdatert vegkart for grønt industriløft med satsing på mellom anna havvind, hydrogen og CO2-handtering. Gjennom kraftsystemet, olje- og gassverksemda og satsinga på nye, grøne næringar vil regjeringa bidra til å utvikle energiressursane våre slik at Noreg kan bidra aktivt til og dra nytte av den globale energiomstillinga.
Målet til regjeringa om lågare utslepp, etablering av nye, grøne næringar og industriutvikling krev tilstrekkeleg tilgang på kraft og overføringsnett. Regjeringa legg til grunn at denne tilgangen må sikrast på ein måte som bevarer ei sikker straumforsyning, gir føreseielege straumutgifter for norske forbrukarar og forvaltar norske naturressursar på ein berekraftig måte. Tilgang på rikeleg med rein og rimeleg kraft har i fleire tiår vore det fremste konkurransefortrinnet i norsk industri og eit gode for norske forbrukarar. Regjeringa vil føre ein politikk som legg til rette for dette også i framtida. Regjeringa har gjort fleire viktige grep for å bidra til raskare konsesjonsbehandling av nett og produksjon av kraft for å bidra til at viktige prosjekt kan realiserast raskare, og til meir effektiv tilknyting til straumnettet og betre utnytting av dagens nettkapasitet.
Energinæringane er dei største næringane i Noreg, og det har dei vore i fleire tiår. Næringane har gitt store positive ringverknader i form av sysselsetting og vekst over heile landet. Utviklinga av nye næringar som havvind, hydrogen og CO2-handtering kan bygge på og vidareutvikle kompetanse frå dei etablerte næringane. Tilgang på fornybar kraft vil vere ein føresetnad for at prosjekt som skal bidra til lågare utslepp frå fastlandsindustrien og utvikling av nye næringar, skal vere lønnsame. Noreg har gode føresetnader for å lykkast i omstillinga til eit lågutsleppssamfunn samtidig som vi vidareutviklar eksisterande industri og etablerer nye næringar og ny industri på ein måte som kjem heile landet til gode.
Ei berekraftig, forsvarleg og lønnsam havbotnmineralverksemd kan føre til ei ny og viktig havnæring for Noreg og samtidig bidra til å sikre forsyninga av viktige metall i framtida.
1.1 Petroleum, CO2-lagring og havbotnmineral
Petroleum
Hovudmålet for petroleumspolitikken er å legge til rette for lønnsam produksjon av olje og gass i eit langsiktig perspektiv. Ressursforvaltninga skal gi Noreg inntekter og bidra til å sikre sysselsetting og velferd for noverande og framtidige generasjonar. Regjeringa vil halde fram med å utvikle petroleumspolitikken og legge til rette for at norsk kontinentalsokkel framleis skal vere ein stabil og langsiktig leverandør av olje og gass til Europa og verda elles.
Ein aktiv leitepolitikk vil bidra til dette. Tilgang på nye leiteområde er nødvendig for å gjere nye funn og halde oppe verdiskaping, sysselsetting og statlege inntekter på lang sikt. Regjeringa vil føre vidare konsesjonssystemet. Det skal framleis givast løyve til å leite etter olje og gass gjennom den årlege konsesjonsrunden med tildeling i førehandsdefinerte område (TFO). Dette gir næringa tilgang på nye og attraktive leiteareal. Alle konsesjonsrundar skal gjennomførast innanfor rammene i forvaltningsplanane for norske havområde.
Sentralt for å nå måla i petroleumspolitikken er å oppretthalde eit føreseieleg, effektivt og heilskapleg rammeverk som er basert på kunnskap og fakta. Det er avgjerande å ha eit mangfald av rettshavarar som kan og vil hente ut verdiane i bakken på ein sikker og effektiv måte.
Petroleumsressursane skal forvaltast innanfor forsvarlege rammer når det gjeld helse, miljø og sikkerheit. Regjeringa vil legge til rette for at norsk petroleumsindustri framleis skal vere leiande også innanfor helse, miljø og sikkerheit. Rolla som petroleumsprodusent skal utøvast i tråd med måla i klima- og miljøpolitikken. Regjeringa skal i samarbeid med næringa jobbe for at utsleppa frå olje- og gassproduksjonen på norsk sokkel blir ytterlegare reduserte. Det blir gitt ei årleg statusoppdatering for utsleppsutviklinga i petroleumsverksemda, jf. kapittel 11.1 Status for arbeid med å redusere utsleppa frå petroleumsproduksjon og kapittel 11.2 Energipartnarskap, i del III av proposisjonen. Det skal leggast til rette for god sameksistens på havet, der både olje- og gassverksemda og andre havnæringar blir vidareutvikla.
I 2023 blei det produsert totalt 233 mill. Sm3 o.e1., noko som svarer til 4 mill. fat o.e. per dag. Oljeproduksjonen i Noreg er i dag vesentleg lågare enn for 20 år sidan, medan den norske gassproduksjonen no er på platå. I 2024 er gassproduksjonen anslått til i overkant av 122 mrd. Sm3. Den samla produksjonen er forventa å nå ein ny topp i 2025.
Petroleumsressursane tilhøyrer fellesskapen, og verksemda er viktig for finansieringa av velferdsstaten. Innteninga frå kontinentalsokkelen har vore på særleg høge nivå dei seinaste åra. Netto kontantstraumen til staten frå petroleumsverksemda i 2023 var på heile 978 mrd. kroner. I 2024 er det anslått at han vil vere på 680 mrd. kroner, medan anslaget for 2025 er 643 mrd. kroner. Dersom olje- og gassprisane held seg relativt høge over tid, vil dei samla bidraga til Statens pensjonsfond utland dei neste åra vere store også i forhold til dagens fond.
Petroleumssektoren i Noreg er ei eksportverksemd som bidrar til å dekke det grunnleggande behovet for energi i verda, ikkje minst i Europa. Felta i Noreg dekker 2–3 prosent av olje- og gassbruken i verda. Noreg er den største produsenten og den einaste nettoeksportøren av olje og gass i Vest-Europa. Produksjonen på norsk kontinentalsokkel, frå norske olje- og gassfelt, er derfor viktig for europeisk energisikkerheit. Felta på norsk kontinentalsokkel er den største enkeltkjelda for gass til Europa.
Petroleumsverksemda er Noregs største næring målt i verdiskaping, statlege inntekter, investeringar og eksportverdi. Det har ho vore dei siste tiåra, og ho vil venteleg vere det i mange år framover også. I 2023 stod petroleumsverksemda for rundt 24 prosent av all verdiskaping i landet og utgjorde om lag 50 prosent av eksportverdiane.
Næringa er ein viktig bidragsytar til økonomisk aktivitet og sysselsetting over heile landet. Ringverknadene på fastlandet er store frå både utbygging og drift. Menon Economics (2023) har gjort berekningar av den totale sysselsettinga knytt til næringa i 2021. Om lag 204 000 personar busette over heile landet var direkte eller indirekte knytte til næringa.
Regjeringa har i Meld. St. 11 (2021–2022) og Prop. 97 S (2022–2023) lagt fram sin politikk for å vidareutvikle norsk petroleumsindustri, der hovudmålet er å legge til rette for lønnsam produksjon av olje og gass i eit langsiktig perspektiv. Vidareutviklinga av petroleumssektoren vil bidra til å styrke norsk næringsliv og den industrielle utviklinga i landet. I forvaltninga skal det takast nødvendige omsyn til det ytre miljøet, distriktspolitiske interesser og anna verksemd. Energimarknadene går gjennom store endringar på både kort og lang sikt. Norsk petroleumsnæring, som ei høgkompetent og teknologitung næring, er godt rusta til å handtere endringane vi no står overfor. Regjeringa vil legge til rette for eit stabilt aktivitetsnivå i olje- og gassverksemda på norsk sokkel, med større innslag av næringar knytte til karbonfangst og -lagring, hydrogen, havvind, havbruk og mineral.
Kommersiell CO2-lagring
Hovudmålet for forvaltninga av undersjøiske reservoar på kontinentalsokkelen til lagring av CO2 er å bidra til berekraftig energi- og industriproduksjon, ved å legge til rette for utnytting av undersjøiske reservoar på kontinentalsokkelen til miljøsikker lagring av CO2 som eit tiltak for å motverke klimaendringar.
Regjeringa vil legge til rette for kommersiell CO2-lagring på norsk kontinentalsokkel gjennom å tildele lagringsareal til selskap med konkrete industrielle planar som gjer at dei har lagringsbehov.
Det er utlyst areal for storskala, kommersiell CO2-lagring under lagringsforskrifta i totalt sju omgangar. Seks av desse er gjennomførte, medan den sjuande er under arbeid. Det er tildelt totalt elleve løyve etter lagringsforskrifta.
Forvaltning av havbotnmineralressursar
Noreg vil ha ei stegvis, forsvarleg og kunnskapsbasert utvikling av mineralverksemda på norsk kontinentalsokkel. Omsynet til miljø og sikkerheit skal varetakast i alle fasar av verksemda.
Hovudmålet for forvaltninga av norske havbotnmineralressursar er å legge til rette for undersøking og utvinning av mineralførekomstar på kontinentalsokkelen i samsvar med samfunnsmessige målsettingar, slik at omsynet til verdiskaping, miljø, sikkerheit ved verksemda, anna næringsverksemd og andre interesser blir varetatt.
Det er eit aukande globalt behov for utvinning av mineral for å sikre tilgangen på nødvendige metall. Havbotnmineral kan derfor bli ei ny kjelde til viktige metall som verda vil trenge framover. Norske ressursar kan bli ei kjelde til ny utvinning av mineral i vesten.
Ein føresetnad for slik utvinning er at ressursane kan vinnast ut på ein lønnsam, berekraftig og forsvarleg måte. Det er gjennomført ein opningsprosess for mineralverksemd på havbotnen i samsvar med havbotnminerallova, inkludert ei konsekvensutgreiing med høyringar. Konsekvensutgreiinga som er gjennomført, gjer greie for identifiserte påverknader knytte til leiting, utvinning og avslutning av verksemda til havs.
Regjeringa la fram Meld. St. 25 (2022–2023) Mineralverksemd på norsk kontinentalsokkel – opning av areal og strategi for forvaltning av ressursane, i juni 2023. Stortinget behandla meldinga, jf. Innst. 162 S (2023–2024), og slutta seg til forslaget om opningsareal og strategien for forvaltning av ressursane med nokre justeringar. Kongen i statsråd avgjorde, på dette grunnlaget, formelt å opne eit område i Norskehavet og Grønlandshavet for mineralverksemd 12. april 2024.
Neste skritt er å gjennomføre første konsesjonsrunde for havbotnmineral og å halde fram den statlege kartlegginga knytt til havbotnmineralressursane. Første konsesjonsrunde blei send på høyring 26. juni 2024 med høyringsfrist 26. september 2024. Planen er å tildele løyve i konsesjonsrunden første halvår 2025. Relevante forskrifter under havbotnminerallova skal fastsettast.
Boks 1.1 Forslag til løyvingar til forvaltning av petroleums- og havbotnmineralressursar og CO2-lagring
Energidepartementet foreslår å løyve 650 mill. kroner til forvaltning av petroleumsressursane, undersjøiske reservoar på norsk kontinentalsokkel til lagring av CO2 på norsk kontinentalsokkel og havbotnmineralressursar. Løyvingane dekker hovudsakleg
400,5 mill. kroner til drift av Sokkeldirektoratet, der hovudmålet er å bidra til størst moglege verdiar for samfunnet frå petroleumsverksemda på norsk kontinentalsokkel. Dette skal direktoratet gjere gjennom ei effektiv og forsvarleg ressursforvaltning som tar omsyn til helse, miljø, sikkerheit, utslepp av klimagassar og andre brukarar av havet. Direktoratet skal vidare bidra til forvaltninga av CO2-lagringspotensialet på kontinentalsokkelen for å legge til rette for reduserte utslepp av klimagassar og forvaltninga av norske havbotnmineralressursar
162 mill. kroner til studiar, analysar og kartleggingar av petroleums- og mineralressursane på havbotnen på norsk kontinentalsokkel. Det er behov for meir kunnskap om mineralressursane, og natur- og miljøforhold i djuphavet i alle delar av kontinentalsokkelen. Vidare er det behov for å kartlegge regionale og lokale straumforhold
40 mill. kroner til Sokkeldirektoratets digitaliseringsprogram, som omfattar etablering av ny arkitektur, deling av data og forbetring og vidareutvikling av prosessar og funksjonalitet som skal betre samhandlinga internt og overfor næringa.
1.2 Sikkerheit og arbeidsmiljø i petroleumsverksemda og anna industriverksemd til havs
Petroleumsverksemda har over tid utvikla eit høgt HMS-nivå. Myndigheitene legg til rette gjennom utvikling og forvaltning av regelverk, kunnskapsutvikling og oppfølging av at næringa varetar det pålagde ansvaret. Eit fullt forsvarleg arbeidsmiljø og sikker drift i næringa kan oppretthaldast over tid gjennom at det blir lagt til rette for medverknad, systematisk risikovurdering, førebygging og kontinuerleg forbetring og læring.
Havindustritilsynet har i tillegg til oppfølging av petroleumsnæringa tilsynsansvar for sikkerheita for transport og lagring av CO2 i undersjøiske geologiske formasjonar på kontinentalsokkelen. Havindustritilsynet har også ansvar knytt til havenergilova § 5-1 om beredskap, sikkerheit og arbeidsmiljø og havbotnminerallova kapittel 6 og § 9-1 om sikkerheit og beredskap. På denne måten bidrar Havindustritilsynet til å vidareutvikle norsk sokkel, både innanfor olje og gass og innanfor nye næringar.
Regjeringa har som ambisjon at norsk petroleumsverksemd skal vere verdsleiande innanfor helse, miljø og sikkerheit (HMS). Denne ambisjonen gjeld også for dei nye industrinæringane på sokkelen.
HMS-nivået i petroleumsnæringa har over tid utvikla seg i positiv retning, og myndigheitene og partane er einige om at HMS-nivået er høgt. Utviklinga i petroleumsnæringa når det gjeld storulykkepotensial og arbeidsmiljø dei siste åra, tyder likevel på at det framleis er behov for å rette stor merksemd mot stadig forbetring og førebyggande arbeid knytt til HMS og sikring.
Det er ei prioritert oppgåve for regjeringa å vareta samfunnssikkerheit og nasjonal sikkerheit på kontinentalsokkelen. Trusselbiletet for norsk petroleumsverksemd er varig endra som følge av Russlands krig mot Ukraina. Europa har eit auka behov for at Noreg er ein sikker leverandør av gass. Dette har ført til auka beredskap og merksemd rundt sikkerheit og sikring på sokkelen og ved landanlegga. Både myndigheitene og næringa følger med på utviklinga i risiko- og trusselbiletet. Myndigheitene forventar at næringa følger opp og tilpassar sikringstiltak og beredskap til det risikobiletet som til kvar tid gjeld, i tråd med regelverket. For 2025 foreslår regjeringa å styrke kapasiteten og ressursane i Havindustritilsynet for å dekke eit auka behov på sikrings- og samfunnssikkerheitsområdet.
Næringa utviklar og tar i bruk stadig meir ressurseffektive og miljøvennlege løysingar og omstiller seg for å bidra til nye energiformer. Omstillingane er ofte komplekse og kan ha betydning for HMS-nivået på sokkelen. Sikkerheits- og beredskapsarbeid og arbeidet med oppfølging av sikkerheitslova er mellom anna omtalt i kapittel 7 Sikkerheit- og beredskapsarbeid, i del III av proposisjonen.
Departementet vil gjennom etatsstyringa av Havindustritilsynet, og gjennom gjennomføring av konsesjonsrundar og godkjenning av utbyggingsplanar, jobbe for aktiv oppfølging av næringa og bidra til å halde oppe eit høgt HMS-nivå på norsk sokkel. Departementet vil også legge vekt på at Havindustritilsynet i samarbeid med næringa held fram med å legge til rette for eit godt partssamarbeid og for kunnskapsutvikling og dokumentasjon om HMS i petroleumsnæringa.
Boks 1.2 Forslag til løyvingar til sikkerheit og arbeidsmiljø i petroleumsverksemda og anna industriverksemd til havs
Energidepartementet foreslår å løyve i overkant av 400 mill. kroner til Havindustritilsynet, som skal legge premissar for og følge opp at aktørane innanfor myndigheitsområdet deira held eit høgt nivå når det gjeld arbeidsmiljø, sikkerheit, beredskap og sikring.
1.3 Energi og vassressursar
Energi- og vassressurspolitikken skal legge til rette for ei effektiv, sikker og miljøvennleg energiforsyning. Det vil seie lønnsam utbygging av fornybar energi og nett, effektiv bruk av energi, ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassressursane og forbetring av evna til å handtere flaum- og skredrisiko.
Sikker tilgang på kraft er viktig for verdiskaping og velferd, og nødvendig for dei fleste samfunnsfunksjonar. Dei siste åra har vore prega av urolege tider i energimarknadene, med tidvis svært høge gass- og kraftprisar på kontinentet. Dette har bidratt til høge kraftprisar i Sør-Noreg. Kraftprisane har gått betydeleg ned frå dei rekordhøge nivåa i 2022.
Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) vurderer kraftoverskotet for 2024 til å vere om lag 18 TWh, dersom 2024 blir eit år med normale vêrforhold. I NVEs rapport om den kortsiktige kraftbalansen i Noreg frå 2024 og fram mot 2028 er hovudkonklusjonen at kraftbalansen i Noreg blir svakare, men at han vil halde seg positiv dei neste åra. I åra framover er det forventa ein sterkare vekst i forbruket av kraft, i takt med ei aukande elektrifisering av samfunnet, ny næringsverksemd med stort kraftbehov og vidare omlegging frå fossil energi til fornybar kraft. NVE peikar på at vekst i forbruket saman med svak vekst i produksjonen vil redusere kraftoverskotet fram mot 2028.
Noreg har store energiressursar og god tilgang på fornybar energi. Den store andelen fornybar energi gir låge utslepp av klimagassar frå energiforsyninga. Elektrisitetsproduksjonen i Noreg er i hovudsak basert på vasskraft, men vindkraft har fått ei viktigare rolle. Noregs utgangspunkt er derfor annleis enn i land der fossil kraft skal erstattast med fornybar energi. Noreg har ein stor kraftintensiv industri, og elektrisitet blir i større grad enn i andre land nytta til oppvarming i bygg. Dei seinare åra har elektrisitet blitt tatt i bruk i nye sektorar og på nye område. I transportsektoren speler elektrisitet ei stadig viktigare rolle. Elektrifisering og utvikling av industri kan innebere at det raskt blir etablert nytt, stort forbruk i ulike delar av landet.
Det er nødvendig å styrke arbeidet med dei langsiktige utfordringane i norsk kraftforsyning. Regjeringa vil føre ein energipolitikk som bygger på at tilgang til rikeleg med fornybar energi skal vere eit gode for norske forbrukarar og eit konkurransefortrinn for norsk industri og gi grunnlag for industriutvikling, verdiskaping og ei positiv samfunnsutvikling i åra framover. For å lykkast med det treng vi meir fornybar kraftproduksjon, raskare utbyggingstakt for nett og styrking av arbeidet med energieffektivisering.
Det er framleis store moglegheiter for å bygge ut fornybar kraftproduksjon i Noreg. Regjeringa vil i konsesjonsbehandlinga, gjennom gode vurderingar av lønnsemd og verknader for miljø og andre viktige samfunnsinteresser, legge til rette for nytt nett og ny fornybar kraftproduksjon. Dei fornybare energiressursane våre skal forvaltast slik at dei kjem lokalsamfunn, heile landet og framtidige generasjonar til gode.
Den regulerbare vasskrafta vil spele ei stadig viktigare rolle i kraftforsyninga etter som behovet for regulerbar og fleksibel kraftproduksjon aukar i åra framover. Regjeringa vil legge til rette for ei forsvarleg utnytting av det gjenverande potensialet for ny vasskraft. I konsesjonsbehandlinga av ny vasskraft skal det leggast vekt på evna til å produsere når etterspørselen er størst. Regjeringa vil samtidig legge til rette for miljøforbetringar i allereie utbygde vassdrag. Miljøforbetringane må vegast opp mot tapt kraftproduksjon og reguleringsevne.
Vindkraft på land er ein viktig del av energiforsyninga vår. Noreg har svært gode vindressursar, og vindkraft på land er i dag blant dei teknologiane med lågast utbyggingskostnad. Regjeringa vil legge til rette for ei langsiktig utvikling av lønnsam vindkraft. Det skal framover vere ei overordna kommunal områderegulering før eit konsesjonsvedtak blir gjort. Dette skal gi betre lokal forankring og styrke kommunane si rolle i prosessen når det gjeld vindkraft på land. Departementet vil også legge til rette for solkraft og vurdere endringar i reglane for behandling av solkraft for å effektivisere saksbehandlinga. Regjeringa har lagt til rette for at lokalsamfunn som stiller naturressursane sine til disposisjon for utbygging, får ta del i verdiskapinga.
I tillegg til vindkraft på land satsar regjeringa på havvind for å auke den fornybare kraftproduksjonen i Noreg. Det første prosjektområdet for havvind på norsk kontinentalsokkel blei tildelt våren 2024. Prosjektet vil bli kopla til Fastlands-Noreg og gi meir fornybar kraft i Sør-Noreg.
Planlegging og utbygging av nett tar tid og har konsekvensar for miljø og andre samfunnsinteresser. Våren 2023 la regjeringa fram ein handlingsplan for raskare nettutbygging og betre utnytting av nettet som inneheld fleire viktige grep for å bidra til raskare konsesjonsbehandling av saker hos energimyndigheitene, meir effektiv tilknyting til straumnettet og betre utnytting av dagens nettkapasitet. Ressursane til behandling av konsesjonar er vesentleg styrkte, og NVE gjer eit viktig arbeid med å bidra til digitalisering av prosessane. Ei raskare utvikling av nettet krev eit nært samarbeid mellom myndigheitene, nettselskapa og andre aktørar.
Regjeringa har styrkt arbeidet med energieffektivisering betydeleg, og la hausten 2023 fram ein handlingsplan for energieffektivisering som set retninga for korleis myndigheiter og andre skal jobbe med energieffektivisering i tida som kjem. Handlingsplanen presenterer fleire verkemiddel som vil bidra til å utløyse meir energieffektivisering, inkludert særskilde krav og målretta informasjonstiltak. Effektiviseringstiltak kan bidra til å redusere maksimalbelastninga i nettet og dermed behovet for nettutbyggingar. Det er viktig for å unngå kostnader og unødige naturinngrep. Regjeringa vil arbeide for eit betre samspel mellom kraftsystemet, fjernvarmesystemet og moglegheitene for fleksibilitet i bruken av energi.
Regjeringa tar klimautfordringa på alvor og har ein ambisjon om at alle sektorar skal ta omsyn til klimaet. Å stimulere til bruk av alternativ til fossil energi er ein viktig del av energipolitikken. Dei fornybare energiressursane og tilgang på kraft er avgjerande for å skape ei grøn framtid. Elektrifisering eller bruk av andre energiberarar baserte på fornybar energi, for eksempel hydrogen, er viktig for å redusere klimagassutsleppa.
Kraftoverskotet i Noreg gir eit godt utgangspunkt for å ta i bruk den fornybare krafta til elektrifisering av samfunnet. Men eit langt høgare kraftforbruk enn i dag vil måtte dekkast også i periodar der vêrforholda i Noreg og Norden gir lågare vind- og vasskraftproduksjon enn normalt. Det er derfor viktig at elektrifiseringa skjer på ein måte som ikkje utfordrar forsyningssikkerheita for straum eller påfører kraftforsyninga og forbrukarane for store kostnader.
Samtidig med godkjenninga av Snøkvit Future-prosjektet lanserte regjeringa ein plan for betydeleg utbygging av kraftproduksjon og nett i Finnmark. Målet er at den fornybare kraftproduksjonen i Finnmark innan 2030 skal auke minst like mye som den planlagde forbruksauken ved Hammerfest LNG, under føresetnad av at det blir gitt konsesjon.
Ved utbygging av straumnett og ny kraftproduksjon er regjeringa opptatt av å vareta interessene til reindrifta og legge til rette for å sikre driftsgrunnlaget for reindrifta i eit generasjonsperspektiv. Meklingsavtalane som blei inngått mellom Fosen Vind DA og Sør-Fosen sijte 18. desember 2023 og Roan Vind DA og Nord-Fosen siida 6. mars 2024, er viktige, og regjeringa vil ta lærdom av Fosen-saka, jf. kapittel 9 Lærdom av Fosen-saka, i del III av proposisjonen. Prosjekt for nett og kraft skal ikkje gå utover rettane reindrifta har etter artikkel 27 i FN-konvensjonen om sivile og politiske rettar. Dette er eit heilt sentralt spørsmål i konsesjonsbehandlinga i område med reindrift.
Ein føresetnad for å nå ambisjonane på energi- og klimaområdet er tilgang på kraft og eit velfungerande kraftsystem. Det er behov for eit betre kunnskapsgrunnlag om kva ulike mål og utviklingstrekk vil krevje av kraftsystemet på kort og lang sikt, slik også Energikommisjonen (NOU 2023: 3 Mer av alt – raskere) peikar på. Utgreiingane til Energikommisjonen, Straumnettutvalet og Straumprisutvalet har bidratt til å styrke kunnskapsgrunnlaget om samanhengane og utfordringane i kraftsystemet framover. Regjeringa har følgt opp dei ulike utgreiingane med ei rekke tiltak som skal bidra til meir føreseielege straumprisar, styrke den norske kraftbalansen og sikre at vi også i framtida har eit kraftsystem som kan møte forbruket i periodar med høg belastning, jf. kapittel 8 Regjeringa si oppfølging av Energikommisjonen og Straumprisutvalet med meir, i del III av proposisjonen.
Boks 1.3 Forslag til løyvingar til forvaltning av energi- og vassressursane
Energidepartementet foreslår å løyve om lag 1 188 mill. kroner til energimyndigheitene og forvaltninga deira av energi- og vassressursane. Løyvingane dekker hovudsakleg:
928 mill. kroner til drift av Noregs vassdrags- og energidirektorat, som skal forvalte dei innanlandske energi- og vassressursane og vareta dei statlege forvaltningsoppgåvene innanfor førebygging av flaum- og skredskadar
83 mill. kroner til Reguleringsmyndigheita for energi, som skal fremme ein samfunnsøkonomisk effektiv kraftmarknad og eit velfungerande kraftsystem
68 mill. kroner til direktoratets digitaliseringsprogram, som omfattar oppgradering og vidareutvikling av IKT-systema, slik som forbetringar av funksjonalitet og digitalisering av arbeidsprosessar, mellom anna digitalisering av konsesjonsprosessane, kraftsystemutgreiingar og arbeidet med detaljplanar og tekniske planer for energi- og vassdragsanlegg før byggestart for å legge til rette for raskare realisering av ny fornybar kraftproduksjon og nytt nett
20 mill. kroner til forbetring av analysar og utvikling av kraftmarknadsmodellar
19 mill. kroner til utvikling av direktoratets forvaltningskompetanse, kvalitet og regelverk, og til IKT-sikkerheit i kraftforsyninga.
Stønads- og overføringsordningar under Energidepartementet
For å sikre tryggleiken for folk foreslår regjeringa å føre vidare den mellombelse straumstønadsordninga for private hushald og burettslag. Ordninga skal bidra til å redusere utgiftene til straumforbruk for private hushald.
Regjeringa foreslår også å føre vidare ordninga med tilskot til utjamning av overføringstariffar. Ordninga skal bidra til å redusere forskjellar i nettleiga for kundar i distribusjonsnettet som følge av naturgitte forhold og høge overføringskostnader. Formålet med ordninga er å bidra til ein direkte reduksjon av nettleiga for sluttbrukarar som er knytte til distribusjonsnettet i dei områda av landet som har dei høgaste overføringskostnadene.
Regjeringa foreslår at inntekter frå avgift på landbasert vindkraft skal overførast til vertskommunane. For 2024 er avgiftssatsen 2,3 øre/kWh. Inntektene frå avgifta blir fordelte til vertskommunane året etter at avgifta er kravd inn.
Boks 1.4 Forslag til løyvingar til stønads- og overføringsordningar under Energidepartementet
Energidepartementet foreslår å løyve 5 194 mill. kroner til stønads- og overføringsordningar:
4 805 mill. kroner til å føre vidare straumstønadsordningane for hushaldskundar, burettslag og nærvarmeanlegg. Ordningane bidrar til å redusere dei månadlege straumutgiftene for hushaldskundar og burettslag. Ein stønadsgrad på 90 prosent trer inn dersom spotprisen i det aktuelle prisområdet overstig ein terskelverdi på 75 øre per kilowattime frå og med 1. januar 2025. Det blir ikkje gitt stønad til forbruk over 5 000 kilowattimar per månad per målepunkt
371 mill. kroner knytt til å fordele inntektene frå avgifta på landbasert vindkraft til vertskommunane
18 mill. kroner i støtte for å redusere forskjellar i nettleiga for dei med høgast overføringskostnad.
Flaum- og skredførebygging
Flaum- og skredhendingar fører til store kostnader i form av skade på helse, tap av liv og materielle skadar på eigedom, infrastruktur og miljø. Noreg har dei siste åra opplevd fleire flaum- og skredhendingar med omfattande skadar. Farekartlegging har avdekt fleire fareområde og bidratt til at samfunnet har blitt meir risikobevisst. Klimaendringar vil gi meir ekstremvêr og fleire flaum- og skredhendingar.
Våren 2024 la regjeringa fram ei stortingsmelding om flaum og skred, Meld. St. 27 (2023–2024) Tryggare framtid – førebudd på flaum og skred. Regjeringa vil styrke arbeidet med førebygging for å auke sikkerheita for folk. Dette omfattar tiltak knytte til kartlegging, arealplanlegging, sikring, overvaking og varsling. NVE vil bistå kommunane med å førebygge flaum- og skredskadar.
Boks 1.5 Forslag til løyvingar til flaum- og skredførebygging
I tillegg til løyvingar til NVEs forvaltningsoppgåver innanfor førebygging av flaum- og skredskadar, foreslår Energidepartementet å løyve 685 mill. kroner til flaum- og skredførebygging, fordelte slik:
431 mill. kroner til gjennomføring av sikringstiltak og kartlegging av flaum- og skredfare
200 mill. kroner til krise- og hastetiltak, under dette oppfølging av ekstremvêret Hans
54 mill. kroner til drift og investeringar i det hydrologiske stasjonsnettet og fjellskredovervaking av ustabile fjellparti.
Energieffektivisering og energiomlegging
Energieffektivisering vil vere eit viktig bidrag til å redusere veksten i forbruket av energi. Verknaden av energieffektivisering er ofte størst om vinteren, når behovet for kraft er størst og prisane er på sitt høgaste. Energieffektivisering og fleksibelt elektrisitetsforbruk som reduserer forbrukstoppane, kan over tid føre til lågare investeringsbehov i straumnettet og dempe behovet for andre tiltak for å sikre effektbalansen delar av året. Regjeringa har styrkt arbeidet med energieffektivisering betydeleg, og la hausten 2023 fram ein handlingsplan for energieffektivisering som set retninga for korleis myndigheiter og andre skal jobbe med energieffektivisering.
Boks 1.6 Forslag til løyvingar til energieffektivisering og -omlegging
Energidepartementet foreslår å løyve 1 591 mill. kroner til energieffektivisering og -omlegging. Løyvingane dekker hovudsakleg:
1 277 mill. kroner i samla overføring til Klima- og energifondet, inkludert 690 mill. kroner i inntekter frå påslaget på nettariffen. Enova forvaltar Klima- og energifondet. Av den samla løyvinga skal 587 mill. kroner nyttast til energieffektivisering i hushaldssektoren
300 mill. kroner til Husbankens tilskotsordning for energitiltak i kommunale bygg, som skal bidra til gjennomføring av energieffektiviseringstiltak i utleigebustader, omsorgsbustader og sjukeheimar.
1.4 Klima, industri og teknologi
Energinæringane speler ei nøkkelrolle i omstillinga til lågutsleppssamfunnet. Kampen mot klimaendringane aukar etterspørselen etter og verdien av løysingar som kan bidra til lågare klimagassutslepp. Noreg har industriell, teknologisk og vitskapleg kompetanse, store fornybarressursar, infrastruktur og erfaring frå produksjon og foredling av energi. Dette gir Noreg og norske aktørar eit godt utgangspunkt for omstillinga til lågutsleppsamfunnet.
Regjeringa fører ein ambisiøs politikk for utsleppsreduksjonar, grøn vekst og verdiskaping i heile landet. Det er sett ambisiøse klimamål for 2030 og 2050, og Europa står i ei energiomstilling. Overgangen til eit lågutsleppssamfunn krev forsking og teknologiutvikling, effektiv ressursbruk, tilgang på kapital og andre sentrale innsatsfaktorar, og føreseielege rammevilkår. Den grøne omstillinga av næringslivet er eit langsiktig arbeid, der staten og næringslivet må spele på lag. Regjeringa vil legge til rette for at Noreg skal bidra aktivt til og dra nytte av den globale energiomstillinga som er nødvendig for at verda og Noreg skal nå klimamåla. Satsingane på havvind, hydrogen og CO2-handtering står sentralt i denne samanhengen.
Energinæringane – eksport, forsking og utvikling
Det har over mange år vore satsa store offentlege ressursar på å utvikle ny kunnskap, ny teknologi og nye løysingar for å auke verdiskapinga og redusere klimagassutsleppa frå energi- og petroleumsverksemda. Denne langsiktige satsinga har vore viktig for utviklinga av energi- og petroleumsnæringa i Noreg. Den langsiktige og omfattande satsinga på forsking og utvikling på energi og petroleum har resultert i internasjonalt konkurransedyktige bedrifter og forskings- og teknologimiljø i Noreg.
Regjeringa vil halde fram med å satse på energi- og petroleumsforsking mellom anna for å kunne nå måla om reduserte klimagassutslepp i Noreg i 2030 og 2050 og for å nå måla for omstilling, nye, grøne næringar og auka eksportinntekter. I tillegg skal satsinga bidra til å utvikle næringane vidare og gjere dei lønnsame også i framtida. Satsinga skal dessutan bidra til å utvikle kunnskapsgrunnlaget om sikkerheit, sikring, arbeidsmiljø, arbeidshelse og risikoforhold i petroleumsnæringa.
Boks 1.7 Forslag til løyving og tilsegnsfullmakt til Noregs forskingsråd
Hovuddelen av verksemda til Forskingsrådet inneber å finansiere fleirårige prosjekt. Aktiviteten i Forskingsrådet utgjer summen av forpliktingane til å finansiere forskingsprosjekt, enten i inneverande eller i framtidige budsjettår. Dette blir kalla aktivitetsramma. Aktivitetsramma må ha dekning enten i løyving eller i tilsegnsfullmakt. Sidan prosjekta er fleirårige, vil mesteparten av aktiviteten følge av forpliktingar som er inngått i tidlegare budsjettår.
Energidepartementet foreslår ei samla løyving på 966 mill. kroner og ei tilsegnsfullmakt på 4 150 mill. kroner til Noregs forskingsråd for 2025. Løyvinga og tilsegnsfullmakta skal sikre vidareføring av langsiktig strategisk forsking, anvend forsking, teknologiutvikling, pilot- og demonstrasjonsprosjekt og samfunnsfagleg forsking innanfor energi, petroleum, CO2-handtering og havbotnmineralverksemd innanfor ein samla FoU-strategi for heile energiområdet. Konkurranseutsetting av forskingsmidlane i samarbeid med andre aktørar innanfor innovasjonskjeda står sentralt.
Ved inngangen til budsjettåret er det tilsegnsramma som angir kor mykje ny aktivitet Forskingsrådet kan sette i gang, det vil seie omfanget av nye forpliktingar. Ny aktivitet må ha dekning i enten løyving eller tilsegnsfullmakt. Forslaget til løyving og tilsegnsfullmakt for 2025 inneber ei samla tilsegnsramme på 959 mill. kroner til nye utlysingar og øyremerkte tilskot i 2025.
Nye næringar baserte på energiressursane
Regjeringa legg til rette for nye næringar som havvind, hydrogen og CO2-handtering som ein del av omstillinga av økonomien til eit lågutsleppssamfunn. Eit velfungerande og sikkert kraftsystem er grunnleggande for å møte den aukande overgangen frå fossil energi til elektrisitet og for å legge til rette for ny, grøn industri. Ein stor del av dei nye, grøne industrinæringane, som batteriproduksjon, produksjon av hydrogen og CO2-handtering, krev mykje kraft. Samtidig er det å auke bruken av elektrisk kraft til fleire formål viktige tiltak i klimapolitikken. Å nå desse måla og ambisjonane vil krevje betre overføringskapasitet i straumnettet, auka kraftproduksjon og eit kraftsystem som har evne til å møte forbruket i periodar med høg belastning.
Hydrogen
Regjeringa har ambisjon om å bidra til å bygge opp samanhengande verdikjeder for hydrogen produsert utan eller med låge utslepp, der produksjon, distribusjon og bruk blir utvikla parallelt. Regjeringa ønsker også å bidra til utviklinga av ein marknad for hydrogen i Europa, mellom anna gjennom å delta i relevante samarbeidsforum, europeisk regelverksutforming, forskingssamarbeid og bilateralt samarbeid med relevante land og gjennom å skape ein nasjonal marknad for hydrogen. Det finst i dag mange norske hydrogen- og ammoniakkprosjekt. Dei fleste er i startfasen og har fått støtte frå staten gjennom ulike ordningar. For å nå ambisjonane bidrar staten gjennom ei lang rekke verkemiddel, mellom anna gjennom støtte til forsking, teknologiutvikling og demonstrasjon og til etablering av knutepunkt og infrastruktur og gjennom krav til offentlege innkjøp. Norske aktørar kan også søke støtte frå europeiske verkemiddel, mellom anna den europeiske hydrogenbanken.
CO2-handtering
Noreg er verdsleiande innanfor industrielle løysingar for CO2-handtering. Denne teknologien er nødvendig for at det skal vere mogleg å nå klimamåla og kutte dei globale klimagassutsleppa på ein kostnadseffektiv måte. Regjeringa vil halde fram med å fremme CO2-fangst og -lagring som eit viktig klimatiltak internasjonalt. Langskip – det norske fullskala-prosjektet for fangst, transport og lagring av CO2 – er ein sentral del av regjeringa sin politikk for CO2-handtering og ein del av Noregs bidrag til å utvikle nødvendige klimateknologiar. Langskip er under bygging og vil vere i drift i 2025. Ved å realisere Langskip går Noreg føre, demonstrerer ei heil kjede og investerer i ein CO2-lagerinfrastruktur som kan nyttast av industriselskap i andre land. Prosjektet skal vise at CO2-handtering er trygt og mogleg, og legg til rette for læring og kostnadsreduksjonar for etterfølgande prosjekt. Regjeringa vil halde fram med å fremme CO2-handtering som eit viktig bidrag til å kutte utslepp i Noreg. I 2023–2024 har Oslo Economics og SINTEF Energi greidd ut verkemiddel som kan legge til rette for CO2-fangst i norsk industri og avfallsforbrenning. Regjeringa vil følge opp utgreiinga nærmare, inkludert ved å vurdere å innføre mellombelse verkemiddel som reduserer barrierane og marknadssviktane i verdikjeda for CO2-handtering i Noreg.
Boks 1.8 Forslag til løyvingar til CO2-handtering
I tillegg til aktivitetsramma til Noregs forskingsråd til forsking og utvikling innanfor CO2-handtering, foreslår Energidepartementet å løyve 2 447 mill. kroner til CO2-handtering:
2 160 mill. kroner til Langskip, det norske fullskalaprosjektet for CO2-handtering, som består av ei heil kjede med fangst, transport og lagring av CO2
118 mill. kroner til Gassnova SF, som skal fremme teknologiutvikling og kompetanseoppbygging for kostnadseffektive og framtidsretta løysingar for CO2-handtering
89 mill. kroner til Teknologisenter Mongstad, som bidrar til teknologiutvikling og kvalifisering av teknologi for større utbreiing av CO2-fangst globalt, og for reduksjon i kostnader og risiko ved fullskala CO2-fangst
80 mill. kroner til utvikling og demonstrasjon av teknologi for CO2-handtering gjennom CLIMIT-programmet.
Havvind
Regjeringa si satsing på havvind er ein viktig del av innsatsen for å auke den fornybare kraftproduksjonen i Noreg. Målet for arbeidet med havvind er også industriutvikling, tilrettelegging for innovasjon og teknologiutvikling. Regjeringa har ein ambisjon om å tildele areal med potensial for 30 GW havvindproduksjon på norsk sokkel innan 2040. I 2024 blei den første auksjonen for prosjektområde for havvind på norsk kontinentalsokkel halden, og prosjektområdet for første fase av Sørlege Nordsjø II blei tildelt.
Neste runde med utlysning av prosjektområde er planlagd i 2025 og regjeringa foreslår eit støtteprogram for flytande havvind i områda Vestavind F og Vestavind B, jf. nærmare omtale i kapittel 10 i del III av proposisjonen. Støtteprogrammet skal medverke vesentleg til utviklinga av flytande havvind. Regjeringa foreslår no ei fullmakt med kostnadsramme på 35 mrd. kroner (2025-kroner). Regjeringa legg vidare opp til jamlege utlysingar av areal og støttekonkurransar. Det vil bli vurdert og tatt stilling til statsstøtte i samband med utlysingsrundane.
Boks 1.9 Forslag til løyvingar til havvind
I tillegg til aktivitetsramma til Noregs forskingsråd, som skal bidra til å tette kunnskapshòl når det gjeld kva effektar vindkraft til havs har på natur og miljø, foreslår Energidepartementet 126 mill. kroner til havvind:
88 mill. kroner til førebuing av havvindutlysinga i 2025 og til innhenting av kunnskap om effektane av havvind på natur og miljø i dei områda som er aktuelle for utlysinga
28 mill. kroner til sjøfuglprogrammet SEAPOP, som skal gi betre kunnskap om utbreiinga av, tilstanden til og utviklinga av norske sjøfuglbestandar i lys av menneskeleg aktivitet i havområda og kystsona
10 mill. kroner i tilskot for å styrke kompetansemiljø for havvind.
2 Oversikt over budsjettforslaget
Utgifter fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2023 | Saldert budsjett 2024 | Forslag 2025 | Endring i pst. |
Administrasjon | |||||
1800 | Energidepartementet | 299 444 | 322 500 | 342 891 | 6,3 |
Sum kategori 18.00 | 299 444 | 322 500 | 342 891 | 6,3 | |
Petroleum | |||||
1810 | Sokkeldirektoratet | 614 938 | 506 800 | 650 000 | 28,3 |
Sum kategori 18.10 | 614 938 | 506 800 | 650 000 | 28,3 | |
Energi og vassressursar | |||||
1820 | Noregs vassdrags- og energidirektorat | 17 996 053 | 11 948 800 | 7 066 600 | -40,9 |
1825 | Energieffektivisering og -omlegging | 1 195 000 | 1 591 000 | 33,1 | |
Sum kategori 18.20 | 17 996 053 | 13 143 800 | 8 657 600 | -34,1 | |
Klima, industri og teknologi | |||||
1850 | Klima, industri og teknologi | 3 805 769 | 3 962 400 | 3 529 500 | -10,9 |
Sum kategori 18.30 | 3 805 769 | 3 962 400 | 3 529 500 | -10,9 | |
Sikkerheit og arbeidsmiljø | |||||
1860 | Havindustritilsynet | 383 724 | 403 500 | 5,2 | |
Sum kategori 18.60 | 383 724 | 403 500 | 5,2 | ||
Sum programområde 18 | 22 716 204 | 18 319 224 | 13 583 491 | -25,9 | |
Sum utgifter | 22 716 204 | 18 319 224 | 13 583 491 | -25,9 |
Inntekter fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2023 | Saldert budsjett 2024 | Forslag 2025 | Endring i pst. |
Administrasjon | |||||
4800 | Energidepartementet | 2 142 | 2 000 | 2 200 | 10,0 |
5582 | Sektoravgifter under Energidepartementet | 463 533 | 1 251 400 | 170,0 | |
Sum kategori 18.00 | 2 142 | 465 533 | 1 253 600 | 169,3 | |
Petroleum | |||||
4810 | Sokkeldirektoratet | 113 520 | 88 500 | 79 400 | -10,3 |
Sum kategori 18.10 | 113 520 | 88 500 | 79 400 | -10,3 | |
Energi og vassressursar | |||||
4820 | Noregs vassdrags- og energidirektorat | 141 344 | 119 500 | 90 000 | -24,7 |
5680 | Statnett SF | 296 000 | 744 000 | 1 660 000 | 123,1 |
Sum kategori 18.20 | 437 344 | 863 500 | 1 750 000 | 102,7 | |
Sikkerheit og arbeidsmiljø | |||||
4860 | Havindustritilsynet | 94 700 | 93 000 | -1,8 | |
Sum kategori 18.60 | 94 700 | 93 000 | -1,8 | ||
Sum programområde 18 | 553 006 | 1 512 233 | 3 176 000 | 110,0 | |
Sum inntekter | 553 006 | 1 512 233 | 3 176 000 | 110,0 |
3 Oppfølging av oppmodings- og utgreiingsvedtak
Nedanfor følger ei oversikt over oppfølginga av oppmodings- og utgreiingsvedtak under Energidepartementet. Oversikta inkluderer alle vedtak frå stortingssesjonen 2023–2024, i tillegg til dei vedtaka frå tidlegare stortingssesjonar som kontroll- og konstitusjonskomiteen i Innst. 239 S (2023–2024) meinte ikkje var kvitterte ut. I tabellen nedanfor står det om departementet planlegg at rapporteringa knytt til oppmodings- og utgreiingsvedtaket skal avsluttast no, eller om departementet vil rapportere konkret på vedtaket også i budsjettproposisjonen for neste år.
Tabell 3.1 Oversikt over oppmodings- og utgreiingsvedtak, ordna etter sesjon og nummer
Sesjon | Vedtak | Stikkord | Rapporteringa blir avslutta (Ja/Nei) |
---|---|---|---|
2023–2024 | 2 | Sikkerheit knytt til Equinors anskaffing av flyteriggar frå det statseigde kinesiske selskapet COSL | Ja |
2023–2024 | 96 | Havvind – opne eit område i nord | Nei |
2023–2024 | 449 | Tydeleggjering av at omsynet til nasjonal sikkerheit vil vere eit kriterium ved tildeling av utvinningsløyve | Ja |
2023–2024 | 450 | Framlegging av planar for utvinning av havbotnmineral | Ja |
2023–2024 | 451 | Sokkeldirektoratet innhentar innspel frå andre aktuelle statlege etatar i samband med at dei utarbeider forslag til arbeidsprogram | Ja |
2023–2024 | 453 | Tiltak som kan settast i verk raskt for å hindre og avbøte ein situasjon med store prisforskjellar mellom eitt prisområde og tilgrensande prisområde | Ja |
2023–2024 | 715 | Forbod for kraftleverandørar mot å drive direktemarknadsføring mot tidlegare kundar | Ja |
2023–2024 | 716 | Tiltak for ein meir forbrukarvennleg straummarknad | Ja |
2023–2024 | 717 | Nye datasenter – utnytting av spillvarme og eigenproduksjon av energi- og energilagringsløysingar | Nei |
2023–2024 | 822 | Lærdom av Fosen-saka | Ja |
2023–2024 | 910 | Energipartnarskap med olje- og gassnæringa | Ja |
2023–2024 | 911 | Havvind – støtteprogram for flytande havvind | Ja |
2023–2024 | 913 | Fjerne konsesjonsplikt for solparkar opp til 10 MW | Ja |
2023–2024 | 915 | 10 TWh redusert straumforbruk | Ja |
2022–2023 | 13 | Kartlegging av potensialet for solenergiproduksjon på eksisterande infrastruktur | Ja |
2022–2023 | 16 | Mellombels eller tidsavgrensa fritak frå konsesjonsplikt | Ja |
2022–2023 | 18 | Effektgrense for konsesjonsplikt for solenergianlegg | Ja |
2022–2023 | 765 | Forslag til endringar som tillèt områdeløysingar og deling av lokalprodusert straum og energilagring mellom bygg med ulike gards- og bruksnummer | Ja |
2022–2023 | 766 | Plan med mål og verkemiddel for å fremme utbygging av produksjon av fornybar kraft i næringsareal, langs motorvegar og i andre nedbygde areal | Ja |
2022–2023 | 767 | Fjerne regulatoriske hinder for energiproduksjon på næringsareal og andre nedbygde areal | Ja |
2022–2023 | 768 | Heve grensa for kor mykje eigenprodusert, fornybar energi som kan delast frå næringsbygg | Ja |
2022–2023 | 812 | Straumstønadsordninga – avgrensing for kjøp av rimeleg konsesjonskraft | Ja |
2022–2023 | 813 | Inkludering av bakkemonterte solenergianlegg i plan- og bygningslova | Nei |
2022–2023 | 836 | Havvind – elektrifisering av oljeinstallasjonar | Ja |
2022–2023 | 841 | Havvind – auka vekting av berekraftskriteria og positive lokale ringverknader | Nei |
2022–2023 | 842 | Havvind – vurdere andre og meir formålstenlege løyvingsløysingar for differansekontraktar enn OPS-rammeverket | Ja |
2022–2023 | 914 | Havvind – elektrifisering av offshoreinstallasjonar | Ja |
2022–2023 | 923 | Solenergi – mål om 8 TWh innan 2030 | Ja |
2022–2023 | 924 | Solkraft – deling med høgare grense enn 1 MW | Ja |
2022–2023 | 925 | Solenergiparkar – fjerne konsesjonsplikt for enkeltprosjekt med lågt konfliktnivå | Ja |
2022–2023 | 926 | Solenergiparkar – fjerne konsesjonsplikt opp til 1 MW | Ja |
2021–2022 | 385 | Straumsituasjonen i Geirangerfjorden etter vedtak om nullutslepp for cruiseskip | Ja |
2021–2022 | 548 | Fjerne regulatoriske barrierar som hindrar lokal energiproduksjon, energilagring og omsetning av energi mellom bygg | Ja |
2021–2022 | 703 | Havvind – tildeling av areal | Nei |
2021–2022 | 716 | Havvind – vurdere å fastsette delmål for arealtildeling innan 2030 | Nei |
2021–2022 | 727 | Mål om auka energisparing – greie ut ulike ordningar med energisparesertifikat | Ja |
2021–2022 | 731 | Prioritere kven av større nye forbrukarar som får tilknyting til og uttak frå nettet | Ja |
2021–2022 | 746 | Prøveordning for handverksbedrifter – energitiltak | Ja |
3.1 Stortingssesjon 2023–2024
Sikkerheit knytt til Equinors anskaffing av flyteriggar frå det statseigde kinesiske selskapet COSL
Vedtak 2, 5. oktober 2023
«Stortinget ber regjeringen på egnet måte informere Stortinget om all sikkerhetsrelevant informasjon knyttet til Equinors inngåtte kontrakt om anskaffelse av flyterigger fra det statseide kinesiske selskapet COSL, samt redegjøre for hvilke kontrollmekanismer som er etablert for sikre at bedriftene utøver sitt pålagte ansvar om at anskaffelser skjer i henhold til sikkerhetsloven.»
Saka blei behandla i den utvida utanriks- og forsvarskomiteen 25. oktober 2023.
Departementet reknar dette oppmodingsvedtaket som følgt opp.
Havvind – opne eit område i nord
Vedtak 96, 4. desember 2023
«Stortinget ber regjeringen åpne et område i nord for havvind som kan utlyses senest i 2027, og der det skal legges vekt på at konsekvensene for sameksistens med fiskeri, natur og miljø kan ivaretas på en god måte.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 1 (2023–2024) og Innst. 2 S (2023–2024).
Før eit område blir opna, må det gjennomførast ei strategisk konsekvensutgreiing. Departementet har gitt Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) i oppdrag å gjennomføre strategiske konsekvensutgreiingar av alle områda som er aktuelle for utlysing framover mot 2040, inkludert områda i nord. Desse utgreiingane skal etter planen vere ferdige innan utgangen av juni 2025. Utgreiingane vil mellom anna vurdere sameksistens med andre næringar og omsyn til natur og miljø, og gi viktig informasjon for avgjerder om framtidige opningar og utlysingar.
Departementet vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte.
Tydeleggjering av at omsynet til nasjonal sikkerheit vil vere eit kriterium ved tildeling av utvinningsløyve
Vedtak 449, 9. januar 2024
«Stortinget ber regjeringen ved utlysning av areal tydeliggjøre at hensynet til nasjonal sikkerhet vil være et kriterium ved tildeling av utvinningstillatelser.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 25 (2022–2023) og Innst. 162 S (2023–2024).
Energidepartementet har sendt eit forslag til utlysing av første konsesjonsrunde for havbotnmineral på offentleg høyring. I høyringsbrevet er det presisert at omsynet til nasjonal sikkerheit vil ligge til grunn for korleis departementet gjennomfører konsesjonsrunden.
Departementet reknar dette oppmodingsvedtaket som følgt opp.
Framlegging av planar for utvinning av havbotnmineral
Vedtak 450, 9. januar 2024
«Stortinget ber regjeringen legge frem de første planene for utvinning av havbunnsmineraler for Stortinget som proposisjon før departementet godkjenner utvinningsplanen etter havbunnsmineralloven § 4-4.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 25 (2022–2023) og Innst. 162 S (2023–2024).
Regjeringa vil legge fram dei første planane for utvinning for Stortinget før Energidepartementet eventuelt gjer vedtak om å godkjenne slike planar. Det er ikkje venta at det blir sendt inn slike planar dei nærmaste åra.
Departementet reknar med dette oppmodingsvedtaket som følgt opp.
Sokkeldirektoratet innhentar innspel frå andre aktuelle statlege etatar i samband med at dei utarbeider forslag til arbeidsprogram
Vedtak 451, 9. januar 2024
«Stortinget ber regjeringen sørge for at Oljedirektoratet innhenter innspill fra øvrige berørte statlige etater, herunder Miljødirektoratet og Havforskningsinstituttet, i forbindelse med utarbeidelse av sitt forslag til arbeidsprogram til departementet.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 25 (2022–2023) og Innst. 162 S (2023–2024).
Departementet arbeider med å lyse ut første konsesjonsrunde for mineralverksemd på norsk kontinentalsokkel og har sendt eit forslag på offentleg høyring. Når det skal fastsettast arbeidsprogram for løyve i konsesjonsrunden, vil departementet be om at Sokkeldirektoratet innhentar innspel frå andre statlege etatar, under dette Miljødirektoratet og Havforskingsinstituttet, i samband med at direktoratet utarbeider sitt forslag til arbeidsprogram.
Departementet reknar dette oppmodingsvedtaket som følgt opp.
Tiltak som kan settast i verk raskt for å hindre og avbøte ein situasjon med store prisforskjellar mellom eitt prisområde og tilgrensande prisområde
Vedtak 453, 9. januar 2024
«Stortinget ber regjeringen vurdere hvilke tiltak som raskt kan iverksettes for å hindre og avbøte en situasjon med store prisforskjeller mellom et prisområde og tilgrensende prisområder, herunder tiltak i strømnettene, bruk av flaskehalsinntekter, innretning av prisområder og andre aktuelle og relevante tiltak.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:3 S (2023–2024) og Innst. 163 S (2023–2024).
Gjennom sommaren i år har kraftprisane i Sør-Noreg vore betydeleg lågare enn dei var dei to føregåande åra. Samtidig har det vore noko høgare kraftprisar i NO2 enn i NO1 og NO5. Ein slik prisforskjell oppstod også i 2022 og 2023. Så langt i 2024 (til og med veke 33) har det i gjennomsnitt ikkje vore store skilnader i kraftprisane mellom NO2 og NO1. Kraftprisen i NO2 har i denne perioden vore om lag 6 øre/kWh høgare enn i NO1. Forskjellen er dermed langt mindre enn prisforskjellane i 2022 og 2023.
Regjeringa har etablert ei straumstønadsordning for hushald for å sikre dei mot høge straumprisar. Regjeringa har også lagt til rette for gode fastprisavtalar for næringslivet gjennom eit kontraktsunntak for standardiserte fastprisavtalar i grunnrenteskatten for vasskraft.
Dagens nett og produksjonsressursar må utnyttast best mogleg. Det er målet når Statnett fastset handelskapasiteten mellom bodområda. Statnett og dei andre nordiske systemoperatørane arbeider også med å innføre flytbasert marknadskopling som metode for å fastsette handelskapasitetar i kraftmarknaden. Det vil bidra til at eksisterande nett blir utnytta betre, og til å jamne ut prisforskjellane. Ved flytbasert marknadskopling får marknaden tilgang på fleire moglegheiter for handel, og den fysiske nettkapasiteten kan brukast på ein meir fleksibel og samfunnsøkonomisk rasjonell måte.
Regjeringa har sørgt for ei mellombels ordning som opnar for at høge flaskehalsinntekter i transmisjonsnettet kan førast raskare tilbake frå Statnett til nettkundane. Den mellombelse ordninga skal redusere moglegheita for at nettkundar i prisområde med ekstraordinært høge kraftprisar får auka nettleige. Sidan ordninga kom på plass, er det utbetalt om lag 8,46 mrd. kroner til redusert nettleige.
I 2024 er det ikkje utbetalt noko gjennom ordninga. Årsaka er at Statnett ikkje har hatt nok flaskehalsinntekter å betale ut. Dersom flaskehalsinntektene blir høgare enn prognosene til Statnett tilseier, kan det bli utbetalt beløp gjennom ordninga seinare i år.
Departementet reknar dette oppmodingsvedtaket som følgt opp.
Forbod for kraftleverandørar mot å drive direktemarknadsføring mot tidlegare kundar for kraftleverandørar
Vedtak 715, 6. juni 2024
«Stortinget ber regjeringen vurdere et forbud mot at kraftleverandørene driver med direktemarkedsføring til tidligere kunder mens leverandørbyttet pågår og 14 dager etter byttet er gjennomført.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 83 L (2023–2024), Innst. 408 S (2023–2024) og Lovvedtak 82 (2023–2024).
Regjeringa har rydda i straummarknaden over lengre tid, og foreslo gjennom Prop. 83 L (2023–2024) Endringer i energiloven mv. (tiltak for et mer forbrukervennlig strømmarked) ytterlegare grep for å gjere det enklare for forbrukarane å inngå ein god straumavtale.
Energidepartementet og Barne- og familiedepartementet har vurdert eit forbod mot direktemarknadsføring der ein kraftleverandør som mistar ein kunde, kontaktar denne kunden i ein viss periode etter leverandørskifte og tilbyr prisreduksjon eller andre fordelar i den hensikt å vinne kunden tilbake, såkalla winback-marknadsføring.
Slik departementa ser det, vil eit forbod mot denne typen direktemarknadsføring i straummarknaden ikkje direkte avhjelpe utfordringane i sluttbrukarmarknaden. Det er vidare vanskeleg å ramme inn eit forbod på ein god måte. Eit generelt forbod vil truleg også vere i strid med direktivet om urimeleg handelspraksis.
Slik departementa vurderer det, vil innstrammingane som Stortinget vedtok ved behandlinga av Prop. 83 L (2023–2024), samla bidra til at forbrukarane får tilstrekkeleg tid til å vurdere tilbod og samanlikne med andre avtalar i straummarknaden. Departementa peikar særleg på at den nyleg innførte «nedkjølingsperioden» for sal av straumavtalar, jf. Prop. 83 L (2023–2024), vil bidra til å redusere utfordringane knytte til denne typen direktemarknadsføring.
Departementa viser også til særreglane for telefonsal i angrerettlova § 10 og til at forbrukaren har angrerett når ein avtale blir inngått ved fjernsal og sal utanom faste forretningslokale. Tilsynsmyndigheitene arbeider aktivt med å følge opp at kraftleverandørane følger regelverket.
Departementet reknar dette oppmodingsvedtaket som følgt opp.
Tiltak for ein meir forbrukarvennleg straummarknad
Vedtak 716, 6. juni 2024
«Stortinget ber regjeringen sikre at kraftleverandørene ikke kan gjøre vesentlige endringer i strømavtaler uten forbrukerens uttrykkelige samtykke.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 83 L (2023–2024), Innst. 408 S (2023–2024) og Lovvedtak 82 (2023–2024).
Regjeringa har vore opptatt av å gjere straummarknaden meir forbrukarvennleg, og det er vedtatt endringar i energilova som skal gjere det enklare for forbrukarar å orientere seg i straummarknaden, finne gode avtalar og komme seg ut av mindre gode avtalar.
Energidepartementet har i oppfølginga av vedtaket samarbeidd med Barne- og familiedepartementet, som medforfattar av lovforslaget og ansvarleg for forbrukarvernregelverket.
Utgangspunktet i norsk rett er at vi har avtalefridom, og at inngåtte avtalar er bindande. Det er i dag fleire rettslege avgrensingar for moglegheitene kraftleverandørane har til å gjere endringar i straumavtalar som er inngått med forbrukarar.
Dersom ein kraftleverandør skal kunne gjere endringar i ein straumavtale, må dette vere avtalt i straumavtalen, og endringstilgangen kan ikkje omfatte vesentlege endringar. Dersom kraftleverandøren ønsker å gjere vesentlege endringar i avtalen, krev det eit nytt samtykke frå forbrukaren. Sjølv om det er avtalt ein endringstilgang, vil forbrukarmyndigheitene kunne slå ned på vesentlege endringar og uklare endringsvilkår, som vil kunne vere ulovlege etter avtaleretten og marknadsføringslova. Forbrukartilsynet har tidlegare tatt opp saker om ulovlege endringsvilkår med straumbransjen. Dei har for eksempel påpeika at straumleverandørane ikkje kan endre prisen på ein straumavtale som følge av endringsvilkår som viser til «marknadsmessige forhold» eller «auka kostnader».
I høyringa av forslaget som blei fremma i proposisjonen, tok nokre av høyringsinstansane til orde for at det kunne vere ønskeleg at energilova regulerte endringstilgangen for kraftleverandøren meir eksplisitt. Andre meinte derimot at forslaget som blei sendt på høyring, gjekk for langt.
Tilsynsmyndigheitene på energiområdet og forbrukarvernområdet følger kraftbransjen særleg nøye, og arbeider aktivt med å sikre at kraftleverandørane overheld gjeldande regelverk, også på forbrukarområdet.
Energidepartementet og Barne- og familiedepartementet vurderer at gjeldande regelverk gir eit tilstrekkeleg og godt rettsleg vern for å sikre forbrukarar mot vesentlege endringar i straumavtalar. Departementa legg til grunn at forbrukarmyndigheitene gjennom kontrollverksemda si ser til at dette blir følgt opp, og at dei omsyna som ligg bak oppmodingsvedtaket, dermed også blir tatt hand om på ein god måte. Med dei lovendringane som er vedtatt, blei også stillinga til forbrukarane ytterlegare styrkt ved at einsidige endringar til ulempe for forbrukaren (som har heimel i avtalen, og som er innanfor lovrammene) tidlegast kan tre i kraft 30 dagar etter at forbrukaren har fått skriftleg varsel om endringane, og ved at forbrukaren da kan seie opp avtalen kostnadsfritt. Med lovendringane som er vedtatt, har også Reguleringsmyndigheita for energi (RME) og Forbrukartilsynet fått ei styrkt rolle i handhevinga.
Departementet reknar dette oppmodingsvedtaket som følgt opp.
Nye datasenter – utnytting av spillvarme og eigenproduksjon av energi- og energilagringsløysingar
Vedtak 717, 6. juni 2024
«Stortinget ber regjeringen utarbeide krav til nye datasentre som omhandler utnyttelse av spillvarme og egenproduksjon av energi- og energilagringsløsninger der det ligger til rette for dette.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:106 S (2023–2024) og Innst. 383 S (2023–2024).
Departementet sende 16. mai 2024 eit forslag til ei ny forskrift med krav om kost-nytte-analyse av moglegheitene for å utnytte overskotsvarme (spillvarme) på høyring med frist 28. august 2024. Datasenter med over 2 MW tilført elektrisk effekt fell inn under denne forskrifta. Regjeringa greier også ut om det er grunnlag for å stille strengare krav til utnytting av overskotsvarme. Mellom anna vurderer regjeringa om fleire anlegg bør omfattast av krav om å gjennomføre kost-nytte-analyse av utnytting av overskotsvarme, og om det skal stillast strengare krav om gjennomføring av lønnsame tiltak.
Departementet vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte.
Lærdom av Fosen-saka
Vedtak 822, 19. juni 2024
«Stortinget ber regjeringen ta lærdom av Fosen-saken. Bedre kunnskap om vindkraftens påvirkning på reindrift, styrket kompetanse på ivaretakelse av reindrift som samisk kulturbærer i kommunal, regional og statlig forvaltning og mulige tiltak som tilrettelegger for raskere avklaring av rettslig prøving av gyldighetsspørsmål, bør vektlegges. Regjeringen bes redegjøre for Stortinget om framdrift i arbeidet på egnet vis i løpet av høsten 2024.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:115 S (2023–2024) og Innst. 433 S (2023–2024).
I kapittel 9 Lærdom av Fosen-saka, i del III av proposisjonen, blir det gjort greie for lærdommen av Fosen-saka og for framdrifta i arbeidet i tråd med oppmodingsvedtaket.
Departementet reknar dette oppmodingsvedtaket som følgt opp.
Energipartnarskap med olje- og gassnæringa
Vedtak 910, 21. juni 2024
«Stortinget ber regjeringen videreføre dialogen og konkretisere innholdet i et energipartnerskap med olje- og gassnæringen, vedtatt i forbindelse med oljeskattepakken, i tråd med omtalen i Revidert nasjonalbudsjett 2024, med sikte på fortsatte utslippsreduksjoner i næringen for å bidra til å nå klimamålet i 2030. Et viktig premiss for partnerskapet er at olje- og gassnæringen innenfor det finanspolitiske rammeverket skal bidra mer til finansieringen av flytende havvind enn de gjør i dag, ved at CO2-avgiften på sokkelen skal økes frem mot 2030.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 2 (2023–2024) og Innst. 447 S (2023–2024).
I kapittel 11 Oppfølging av oppmodningsvedtak om energipartnarskap med meir, i del III av proposisjonen, blir det gjort greie for oppfølginga av oppmodningsvedtaket.
Departementet reknar dette oppmodingsvedtaket som følgt opp.
Havvind – støtteprogram for flytande havvind
Vedtak 911, 21. juni 2024
«Stortinget ber regjeringen lyse ut arealer til havvind i 2025 som gir rom for minst 5-10 TWh ny produksjon. I den forbindelse ber Stortinget om at regjeringen i statsbudsjettet for 2025 foreslår et ambisiøst støtteprogram for flytende havvindområder i Vestavind B og Vestavind F. Tilsagnsfullmakten skal baseres på oppdaterte kostnadsanslag. Støtteprogrammet skal være på minst 35 mrd. kroner og bidra vesentlig til utviklingen av flytende havvind og elektrifisering av petroleumsinstallasjoner, og ivareta kraftbalansen på fastlandet.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 2 (2023–2024) og Innst. 447 S (2023–2024).
I kapittel 10 Oppfølging av oppmodningsvedtak om støtteprogram for flytande havvind, i del III av proposisjonen, blir det gjort greie for oppfølginga av oppmodningsvedtaket.
Departementet reknar dette oppmodingsvedtaket som følgt opp.
Fjerne konsesjonsplikt for solparkar opp til 10 MW
Vedtak 913, 21. juni 2024
«Stortinget ber regjeringen i løpet av vårsesjonen 2025 fjerne konsesjonsplikt for solparker opp til 10 MW lokalisert på industritomter, næringsarealer, flystriper eller lignende, slik at tillatelser gis av kommunene etter plan- og bygningsloven.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 2 (2023–2024) og Innst. 447 S (2023–2024).
Departementet har hatt på høyring eit forslag om å innføre ei effektgrense for konsesjonsplikt for solkraftanlegg. I høyringsnotatet foreslo departementet å sette grensa til 5 MW. Mellom anna med bakgrunn i oppmodingsvedtaket, bad departementet også om innspel på ei effektgrense på opp mot 10 MW. Departementet vil også greie ut korleis eit unntak for grå areal kan utformast på ein formålstenleg måte og kva for areal som bør falle innanfor eit slikt unntak.
Departementet reknar dette oppmodingsvedtaket som følgt opp.
10 TWh redusert straumforbruk
Vedtak 915, 21. juni 2024
«Stortinget ber regjeringen fastsette et mål om 10 TWh redusert strømforbruk i den totale bygningsmassen i 2030 sammenlignet med 2015 og rapportere tilbake til Stortinget om dette i forbindelse med statsbudsjettet for 2025.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 2 (2023–2024) og Innst. 447 S (2023–2024).
Regjeringa har fastsett eit mål om 10 TWh redusert straumforbruk i den totale bygningsmassen i 2030 samanlikna med 2015. Å legge om målet frå effektivisering av energibruk til effektivisering av straum vil bidra til at verkemidla til regjeringa trekker meir i same retning. Det er tilgangen på fornybar straum og nettilknyting som vil vere utfordringane i åra framover. Å legge om oppvarming frå straum til andre energiberarar, som fjernvarme og bioenergi, vil bidra til å dempe behovet for ny kraft- og nettutbygging, samtidig som det legg til rette for etablering av ny industri.
Regjeringa si satsing på auka bruk av overskotsvarme vil spele godt saman med eit straummål. Med dagens energibruksmål tel energiomlegging ofte negativt, sidan oppvarming ved bruk av bioenergi eller fjernvarme generelt krev meir energi enn elektrisitet.
Arbeidet med energieffektivisering i bygg står høgt på dagsordenen til regjeringa. Enova har fått auka løyvingar til energieffektivisering og utbygging av solenergi. Regjeringa inngjekk ein tilleggsavtale med Enova våren 2024. Ei satsing på energieffektivisering i yrkesbygg og bustader var ein del av tilleggsavtalen. Husbankens tilskotsordning for energitiltak i kommunale bygg er utvida og vidareført. I tillegg er regjeringa i ein prosess for å styrke energidimensjonen i styringsavtalen med Enova for neste fireårsperiode, og her er tiltak i bygg ein viktig del. Det er også sett i gang ein gjennomgang av byggteknisk forskrift (TEK) og byggesakforskrifta for å greie ut moglege endringar som kan legge til rette for energieffektivitet, energifleksibilitet og lokal energiproduksjon i nye og eksisterande bygg.
I regjeringa sin handlingsplan for energieffektivisering blei NVEs rolle innanfor energieffektivisering gjord tydeleg. NVE, Direktoratet for byggkvalitet (DiBK) og Husbanken har fått auka løyvingar for å følge opp handlingsplanen. NVE har fått i oppgåve å ha god oversikt over energibruksutviklinga, også i bygg.
I 2015 var straumforbruket i bygg om lag 65,6 TWh. I 2022 var det om lag 62,8 TWh. Straumforbruket må reduserast med 7,2 TWh til for at målet skal vere nådd i 2030.
Departementet vil orientere om statusen for målet om 10 TWh redusert straumforbruk i den totale bygningsmassen i 2030 samanlikna med 2015 til Stortinget i dei årlege statsbudsjetta.
Departementet reknar dette oppmodingsvedtaket som følgt opp.
3.2 Stortingssesjon 2022–2023
Kartlegging av potensialet for solenergiproduksjon på eksisterande infrastruktur
Vedtak 13, 18. oktober 2022
«Stortinget ber regjeringen kartlegge potensialet for solenergiproduksjon på eksisterende infrastruktur der solparker kan etableres uten vesentlige naturinngrep, som for eksempel på parkeringsplasser, i industriområder og lignende.»
Dokumentet som ligg til grunn for vedtaket, er Innst. 25 S (2022–2023).
I Innst. 239 S (2023–2024) viser fleirtalet i kontroll- og konstitusjonskomiteen til at fleirtalet i energi- og miljøkomiteen meiner at oppmodingsvedtak 13 og 16 (2022–2023) ikkje kan kvitterast ut, og at rapporteringa på desse vedtaka ikkje kan avsluttast.
I juli 2023 gav departementet NVE i oppdrag å utarbeide eit fagleg underlag om solkraft og lokal energiproduksjon. Dette skulle inkludere ei vurdering av potensialet for solkraftutbygging. NVE svarte på oppdraget i form av ein rapport som blei levert 5. februar 2024. I rapporten viser NVE til at dei har basert vurderingane sine på eksisterande potensialstudiar, fordi det er krevjande å gjere ei fullstendig kartlegging av potensialet på bygg og andre nedbygde areal. Vidare viser NVE til at det er eit stort teoretisk potensial for bygningsmontert solkraft i Noreg, men at tala er svært usikre. NVE viser til studiar frå Multiconsult og IFE. Multiconsult anslår potensialet for bygningsmontert solkraft til om lag 66 TWh/år, og IFE anslår potensialet på tak i Noreg til om lag 30 TWh/år. NVE meiner at det realistiske potensialet sannsynlegvis er betydeleg lågare, fordi ein må ta omsyn til tekniske forhold, til økonomi og til kraftsystemet.
NVE meiner det ikkje er formålstenleg å fastsette eit konkret teoretisk potensial for bakkemonterte solkraftanlegg. Dette er fordi det er mange fleire forhold og interesser som må vurderast for slike anlegg enn for bygningsmonterte anlegg.
Departementet stiller seg bak vurderingane NVE har gjort når det gjeld potensialet for solkraft i Noreg.
Departementet reknar dette oppmodingsvedtaket som følgt opp.
Mellombels eller tidsavgrensa fritak frå konsesjonsplikt
Vedtak 16, 18. oktober 2022
«Stortinget ber regjeringen vurdere et midlertidig eller tidsbegrenset fritak fra konsesjonsplikt for å etablere lavspenningsledninger til nabobygg for salg av kraft.»
Dokumentet som ligg til grunn for vedtaket, er Innst. 25 S (2022–2023).
I Innst. 239 S (2023–2024) viser fleirtalet i kontroll- og konstitusjonskomiteen til at fleirtalet i energi- og miljøkomiteen meiner at oppmodingsvedtak 13 og 16 (2022–2023) ikkje kan kvitterast ut, og at rapporteringa på desse vedtaka ikkje kan avsluttast.
Departementet har i oppfølginga av vedtaket bedt NVE og RME om å gi ei vurdering av eit mellombels eller tidsavgrensa fritak frå konsesjonsplikt for å etablere lågspenningsleidningar til nabobygg for sal av kraft. NVE meiner tiltaket kan føre til ei ineffektiv utvikling av lågspentnett. RME har stilt seg bak denne vurderinga. Dette var også årsaka til at slik konsesjonsplikt blei innført i 2010. Å ha ein områdekonsesjonær med monopol på nettutbygging innanfor eit avgrensa område gir stordriftsfordelar når det gjeld effektiv utbygging og drift av slike anlegg. Departementet viser til vurderingane NVE og RME har gjort, og meiner at det ikkje er formålstenleg å utvide dagens unntak frå konsesjonsplikta for å bygge, eige og drive lågspente nettanlegg.
Departementet reknar dette oppmodingsvedtaket som følgt opp.
Effektgrense for konsesjonsplikt for solenergianlegg
Vedtak 18, 18. oktober 2022
«Stortinget ber regjeringen vurdere å øke effektgrensen for hvor stort et solenergianlegg kan være før konsesjonsplikt inntreffer.»
Dokumentet som ligg til grunn for vedtaket, er Innst. 25 S (2022–2023).
Departementet har hatt på høyring eit forslag om å innføre ei effektgrense for konsesjonsplikt for solkraftanlegg på 5 MW. Departementet bad også om innspel på ei effektgrense på opp mot 10 MW. Departementet vil arbeide med ei endringsforskrift for å gjennomføre nødvendige endringar etter å ha vurdert innkomne innspel.
Departementet reknar dette oppmodingsvedtaket som følgt opp.
Forslag til endringar som tillèt områdeløysingar og deling av lokalprodusert straum og energilagring mellom bygg med ulike gards- og bruksnummer
Vedtak 765, 5. juni 2023
«Stortinget ber regjeringen legge frem forslag til endringer som tillater områdeløsninger og deling av lokalprodusert strøm og energilagring mellom bygg med ulike gårds- og bruksnummer, og komme tilbake til Stortinget på egnet måte i løpet av våren 2024.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:197 S (2022–2023) og Innst. 467 S (2022–2023).
Departementet har i oppfølginga av vedtaket bestilt og fått eit forslag frå RME om korleis ei delingsordning for fornybar straum tilpassa næringsområde kan innrettast på ein samfunnsmessig rasjonell måte. På oppdrag frå Energidepartementet og Finansdepartementet har RME og Skattedirektoratet greidd delingsordninga ut vidare.
Departementa er opptatt av at ordninga skal ha ein tydeleg avgrensing som står seg over tid. Energidepartementet og Finansdepartementet vil hausten 2024 sende forskriftsendringar på høyring som gjer det mogleg å dele overskotsproduksjon av fornybar straum frå anlegg på inntil 5 MW innanfor eit næringsområde. Departementa tar sikte på å innføre ei slik ordning så raskt som mogleg.
Departementet reknar dette oppmodingsvedtaket som følgt opp.
Plan med mål og verkemiddel for å fremme utbygging av produksjon av fornybar kraft i næringsareal, langs motorvegar og i andre nedbygde areal
Vedtak 766, 5. juni 2023
«Stortinget ber regjeringen, senest i forbindelse med statsbudsjettet for 2024, legge fram en plan med mål og virkemidler for å fremme utbygging av produksjon av fornybar kraft i næringsarealer, langs motorveier og i andre nedbygde arealer, med mål om minst 5 TWh produksjon innen 2030.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:197 S (2022–2023) og Innst. 467 S (2022–2023).
Regjeringa la fram satsinga si på solkraft og lokal energiproduksjon som del av revidert nasjonalbudsjett for 2024, sjå punkt 2.16 Energidepartementet, Andre saker, side 144–149 i Prop. 104 S (2023–2024) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2024. Der blei det presentert ei tiltaksliste med ulike satsingar på området.
Departementet reknar dette oppmodingsvedtaket som følgt opp.
Fjerne regulatoriske hinder for energiproduksjon på næringsareal og andre nedbygde areal
Vedtak 767, 5. juni 2023
«Stortinget ber regjeringen gjennomgå og fjerne regulatoriske hindre for energiproduksjon på næringsarealer og andre nedbygde arealer.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:197 S (2022–2023) og Innst. 467 S (2022–2023).
Departementet har i oppfølginga av vedtaket bedt NVE, med innspel frå RME og eventuelt andre etatar, kartlegge og vurdere rammevilkåra for lokal energiproduksjon og -lagring og eventuelt foreslå endringar i eksisterande reguleringar og verkemiddel. NVEs gjennomgang viser at barrierane for auka utbygging av solkraft varierer avhengig av om det er bakkemonterte eller bygningsmonterte anlegg, men lav lønnsemd er ifølge NVE ein barriere for begge typar anlegg. Tilgang på areal og nettkapasitet er særleg ein barriere for større anlegg, i hovudsak bakkemonterte anlegg. Departementet viser til at det har hatt på høyring eit forslag om innføring av ei effektgrense på 5 MW for konsesjonsplikt for solkraftanlegg. Departementet bad også om innspel på ei effektgrense på opp mot 10 MW. I oppfølginga av høyringa vil det bli vurdert om ei slik effektgrense skal gjelde for alle typar solkraftanlegg eller avgrensast til dei som er planlagde på industritomter, næringsareal og liknande. Departementet vil også greie ut for kva for areal som bør omfattast av eit eventuelt unntak frå konsesjonsplikt.
Departementet reknar dette oppmodingsvedtaket som følgt opp.
Heve grensa for kor mykje eigenprodusert, fornybar energi som kan delast frå næringsbygg
Vedtak 768, 5. juni 2023
«Stortinget ber regjeringen heve grensen for hvor mye egenprodusert, fornybar energi som kan deles fra næringsbygg, på en måte som ikke er til hinder for rasjonell utvikling av nettet.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:197 S (2022–2023) og Innst. 467 S (2022–2023).
Departementet har i oppfølginga av vedtaket bestilt og fått eit forslag frå RME om korleis ei delingsordning for fornybar straum tilpassa næringsområde kan innrettast på ein samfunnsmessig rasjonell måte. På oppdrag frå Energidepartementet og Finansdepartementet har RME og Skattedirektoratet greidd delingsordninga ut vidare.
Departementa er opptatt av at ordninga skal ha ein tydeleg avgrensing som står seg over tid. Energidepartementet og Finansdepartementet vil hausten 2024 sende forskriftsendringar på høyring som gjer det mogleg å dele overskotsproduksjon av fornybar straum frå anlegg på inntil 5 MW innanfor eit næringsområde. Departementa tar sikte på å innføre ei slik ordning så raskt som mogleg.
Departementet reknar dette oppmodingsvedtaket som følgt opp.
Straumstønadsordninga – avgrensing for kjøp av rimeleg konsesjonskraft
Vedtak 812, 9. juni 2023
«Stortinget ber regjeringen vurdere hvordan strømstøtteordningen kan avgrenses slik at husholdninger som kjøper rimelig konsesjonskraft fra kommunen, ikke mottar støtte.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 116 L (2022–2023), Innst. 486 L (2022–2023) og Lovvedtak 119 (2022–2023).
Retten til konsesjonskraft er ein lovfesta rett til uttak av kraft for kraftutbyggingskommunane og fleire fylkeskommunar. Konsesjonskraft skal sikre utbyggingskommune kraft til alminneleg forsyning, og til ein rimeleg pris. Kva kvar enkelt kommune vel å gjere med konsesjonskrafta og tilhøyrande inntekter, er innanfor det kommunale sjølvstyret. Departementet har ikkje oversikt over kva for kommunar som tilbyr straumavtalar til innbyggarane sine, men er kjent med at sju konsesjonskraftkommunar tilbyr fastprisavtalar til innbyggarane sine i dag. Det varierer korleis avtalane er innretta, og per mai 2024 er prisane oppgitt til å ligge på 40–62,5 øre per kWh. Departementet er også kjent med at nokre kommunar har valt å gi kontantstøtte til innbyggarane sine i staden for å tilby fastprisavtalar.
Departementet viser til omtale i Prop. 1 S (2022–2023) for Olje- og energidepartementet, kapittel 9.7 Evaluering av straumstønadsordninga, om moglegheita for at straumstønadsordninga for hushald kan ta omsyn til straumavtalen til kundane. Departementet anbefalte at det på daverande tidspunkt ikkje blei gjort endringar i straumstønadsordninga for å ta omsyn til at eit fåtal kundar hadde gunstige fastprisavtalar. Departementet vurderer også no at utfordringane ikkje er store nok til at det er hensiktsmessig å innføre administrativt krevjande tiltak for å unngå at hushald som kjøper rimeleg konsesjonskraft frå kommunen, får stønad. Ei eventuell avgrensing mot fastprisavtalar vil heller ikkje hindre kommunane i å gi andre typar stønad til innbyggarane sine.
Departementet reknar dette oppmodingsvedtaket som følgt opp.
Inkludere bakkemonterte solenergianlegg i plan- og bygningslova
Vedtak 813, 9. juni 2023
«Stortinget ber regjeringen fremme et forslag til hvordan bakkemonterte solenergianlegg kan inkluderes i plan- og bygningsloven, senest innen utgangen av 2023.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 111 L (2022–2023), Innst. 483 L (2022–2023) og Lovvedtak 120 (2022–2023).
Energidepartementet, i samråd med Kommunal- og distriktsdepartementet, har hatt på høyring eit forslag om å innlemme konsesjonspliktige solkraftverk i plan- og bygningslova. Departementa vurderer no innspel som har komme inn, og korleis forslaget skal følgast opp vidare. Forslaget må sjåast i samanheng med forslaget om å auke konsesjonspliktgrensa for solkraft.
Departementet vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte.
Havvind – elektrifisering av oljeinstallasjonar
Vedtak 836, 14. juni 2023
«Stortinget ber regjeringen utrede forslag om hvordan elektrifisering av oljeinstallasjoner kan gjøres i forbindelse med utbygginger av havvind og erstatte kraft som er hentet fra land.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 93 S (2022–2023) og Innst. 496 S (2022–2023).
Departementet viser til vurderinga knytt til oppmodingsvedtaket under punkt 2.16 Energidepartementet, Andre saker, s. 142–144 i Prop. 104 S (2023–2024) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2024 og oppfølginga av oppmodingsvedtak 910 Energipartnarskap med olje- og gassnæringa.
Departementet reknar dette oppmodingsvedtaket som følgt opp.
Havvind – auka vekting av berekraftskriteria og positive lokale ringverknader
Vedtak 841, 14. juni 2023
«Stortinget ber regjeringen vurdere økt vekting av bærekraftskriteriene og positive lokale ringvirkninger ved framtidige havvindutbygginger og rapportere tilbake til Stortinget på egnet vis.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 93 S (2022–2023) og Innst. 496 S (2022–2023).
Den første runden med tildeling av prosjektområde for havvindproduksjon blei gjennomført i 2024, og Energidepartementet førebur neste havvindutlysning i 2025. Departementet evaluerer no den første tildelingsrunden. Denne evalueringa vil mellom anna vere ein del av underlaget for ferdigstilling av neste utlysing, inkludert kriterium for tildeling.
Departementet vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte.
Havvind – vurdere andre og meir formålstenlege løyvingsløysingar for differansekontraktar enn OPS-rammeverket
Vedtak 842, 14. juni 2023
«Stortinget ber regjeringen vurdere andre og mer hensiktsmessige bevilgningsløsninger for differansekontrakter enn OPS-rammeverket, som sikrer at bevilgningene spres over flere budsjettår enn bare byggefasen, og komme tilbake til Stortinget senest i statsbudsjettet for 2025.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 93 S (2022–2023) og Innst. 496 S (2022–2023).
For første fase av Sørlege Nordsjø II har staten og utbyggaren inngått ein tosidig differansekontrakt med ei øvre kostnadsramme på 23 mrd. 2023-kroner. Det er utbyggaren som skal finansiere, bygge, eige, drifte og vedlikehalde havvindparken. Når havvindparken startar kraftproduksjon, vil staten under differansekontrakten betale utbyggaren differansen mellom kontraktsprisen (115 2023-øre per kWt) og ein referansepris. Referanseprisen er ein månadleg vindvekta referansepris som er knytt til marknadsprisen for kraft. Når referanseprisen er høgare enn kontraktsprisen, vil utbyggaren betale differansen til staten. På denne måten garanterer differansekontrakten havvindparken ei salsinntekt på 115 2023-øre per kWt inntil den øvre kostnadsramma er nådd i kontraktsperioden på 15 år. Den øvre kostnadsramma garanterer at overføringane frå staten ikkje overstig 23 mrd. 2023-kroner.
Regjeringa legg til grunn at teknikken i rammeverket for OPS-prosjekt (offentleg-privat-samarbeid) skal brukast til å løyve støtte til havvindprosjekta, jf. Prop. 93 S (2022–2023). OPS-rammeverket sikrar at løyvingar over statsbudsjettet skjer om lag i takt med aktiviteten i prosjektet. Det er eit viktig prinsipp for å vareta statsbudsjettet som eit styringsverktøy for økonomisk aktivitet, og bidrar til at formålet med handlingsregelen kan oppfyllast.
Staten må planlegge med ein betalingsprofil som er i tråd med det finanspolitiske rammeverket. Det inneber at sparinga til staten skjer gjennom Statens pensjonsfond utland (SPU) og utan lånefinansiering av ordinære utgifter. Ved val av løyvingsprofil bør det leggast vekt på å vareta statsbudsjettet som eit styringsverktøy for økonomisk aktivitet, ved at løyvingane i størst mogleg grad samsvarer med den økonomiske aktiviteten prosjektet utløyser. Viss ikkje risikerer ein at staten i kvart enkelt budsjettår i realiteten set i gang meir aktivitet enn ein legg til grunn i budsjettarbeidet. Omsynet til berekraft i statsfinansane tilseier også å unngå ein budsjetteringspraksis som gir insentiv til å skyve utgifter ut i tid og lage store bindingar på kommande budsjett. Det må dessutan vektleggast at det er tilstrekkeleg med midlar disponibelt for utbetaling under differansekontrakten.
Det er venta at havvindprosjekt i hovudsak vil påverke aktiviteten i økonomien i byggeperioden, som for første fase av Sørlege Nordsjø II er anslått til å vere tre år, men at nokre av utgiftene også vil komme i driftsfasen etter at vindparken er sett i produksjon. For å dempe løyvingsbehovet i utbyggingsåra, samtidig som løyvingane skal reflektere den faktiske aktiviteten i økonomien, vil regjeringa skyve ein andel av løyvingane som svarer til anslåtte kostnader til drift, vedlikehald, fjerning og opprydding, til driftsfasen. For første fase av Sørlege Nordsjø II er denne andelen anslått til 20 prosent av dei samla utgiftene til staten.
Ettersom utbetalingane frå staten avheng av den framtidige marknadsprisen for kraft og kor mykje kraft anlegget produserer, noko som er ukjende størrelsar, er det ikkje mogleg å føreseie kor store utbetalingane vil bli i dei enkelte budsjettåra eller samla gjennom perioden. Ei berekning av utbetalingstakten for første fase av Sørlege Nordsjø II med eit scenario med låg kraftpris tilseier at den øvre kostnadsramma for differansekontrakten blir nådd litt over tre år etter at havvindparken er sett i drift. Staten pliktar å betale utbyggaren fortløpande under differansekontrakten. Regjeringa har derfor bestemt at ein andel på 20 prosent vil bli forskyvd i inntil tre år etter siste byggeår. Det dempar løyvingsbehovet i byggeåra, samtidig som det reduserer sannsynet for at ein må gjere ei ekstraordinær løyving for å kunne etterleve utbetalingsbehovet under differansekontrakten.
Departementet reknar dette oppmodingsvedtaket som følgt opp.
Havvind – elektrifisering av offshoreinstallasjonar
Vedtak 914, 16. juni 2023
«Stortinget ber regjeringen i revidert nasjonalbudsjett for 2024 legge frem tiltak for å elektrifisere offshore-installasjoner ved hjelp av havvind for å kutte klimagassutslipp.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 2 (2022–2023) og Innst. 490 S (2022–2023).
Departementet viser til vurderinga knytt til oppmodingsvedtaket under punkt 2.16 Energidepartementet, Andre saker, side 142–144 i Prop. 104 S (2023–2024) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2024 og oppfølginga av oppmodingsvedtak 910 Energipartnarskap med olje- og gassnæringa.
Departementet reknar dette oppmodingsvedtaket som følgt opp.
Solenergi – mål om 8 TWh innan 2030
Vedtak 923, 16. juni 2023
«Stortinget ber regjeringen sette et mål for ny solenergi på 8 TWh innen 2030 og utarbeide en konkret handlingsplan som gjør det mulig å realisere målet innen revidert nasjonalbudsjett i 2024. Tiltak og virkemidler skal ikke være til hinder for rasjonell nettutvikling.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 2 (2022–2023) og Innst. 490 S (2022–2023).
Departementet viser til «Plan for tiltak for økt utbygging av solenergi og lokal energiproduksjon», som blei lagd fram i samband med revidert statsbudsjett for 2024, sjå punkt 2.16 Energidepartementet, Andre saker, side 145–149 i Prop. 104 S (2023–2024) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2024. Det går fram av denne proposisjonen at regjeringa vil legge ambisjonen om 8 TWh ny solenergi innan 2030 til grunn for vidare arbeid, men fordelar og ulemper ved tiltak og verkemiddel som blir sette i verk, må vegast opp mot andre samfunnsmessige omsyn.
I kapittel 8 Regjeringa si oppfølging av Energikommisjonen og Straumprisutvalet med meir, i del III av proposisjonen, er det lagt fram ein samla gjennomgang og framstilling av oppfølginga av forslaga frå og høyringa av Energikommisjonen og Strømprisutvalget.
Departementet reknar dette oppmodingsvedtaket som følgt opp.
Solkraft – deling med høgare grense enn 1 MW
Vedtak 924, 16. juni 2023
«Stortinget ber regjeringen lage en delingsordning tilpasset næringsområder som muliggjør deling av solkraft med høyere grense enn 1 MW.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Meld. St. 2 (2022–2023) og Innst. 490 S (2022–2023).
Departementet har i oppfølginga av vedtaket bestilt og fått eit forslag frå RME om korleis ei delingsordning for fornybar straum tilpassa næringsområde kan innrettast på ein samfunnsmessig rasjonell måte. På oppdrag frå Energidepartementet og Finansdepartementet har RME og Skattedirektoratet greidd delingsordninga ut vidare.
Departementa er opptatt av at ordninga skal ha ein tydeleg avgrensing som står seg over tid. Energidepartementet og Finansdepartementet vil hausten 2024 sende forskriftsendringar på høyring som gjer det mogleg å dele overskotsproduksjon av fornybar straum frå anlegg på inntil 5 MW innanfor eit næringsområde. Departementa tar sikte på å innføre ei slik ordning så raskt som mogleg.
Departementet reknar dette oppmodingsvedtaket som følgt opp.
Solenergiparkar – fjerne konsesjonsplikt for enkeltprosjekt med lågt konfliktnivå
Vedtak 925, 16. juni 2023
«Stortinget ber regjeringen gi NVE mulighet til å unnta enkeltprosjekter med solparker med lavt konfliktnivå i grå areal fra konsesjonsplikt, slik at tillatelser kan gis av kommunene etter plan- og bygningsloven.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Meld. St. 2 (2022–2023) og Innst. 490 S (2022–2023).
Departementet har hatt på høyring eit forslag om innføring av effektgrense for konsesjonsplikt for solkraftanlegg. Grensa var i høyringsnotatet foreslått til 5 MW. Det blei også bedt om innspel på ei effektgrense på opp mot 10 MW. Departementet vil arbeide med ei endringsforskrift for å gjennomføre nødvendige endringar, etter å ha vurdert innkomne innspel. Departementet vil også greie ut korleis eit unntak for grå areal kan utformast på ein formålstenleg måte og kva for areal som bør falle innanfor eit slikt unntak.
Departementet reknar dette oppmodingsvedtaket som følgt opp.
Solenergiparkar – fjerne konsesjonsplikt opp til 1 MW
Vedtak 926, 16. juni 2023
«Stortinget ber regjeringen i løpet av 2023 fjerne konsesjonsplikt for solparker opp til 1 MW på grå areal, slik at tillatelser gis av kommunene etter plan- og bygningsloven.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Meld. St. 2 (2022–2023) og Innst. 490 S (2022–2023).
Departementet har hatt på høyring eit forslag om innføring av effektgrense for konsesjonsplikt for solkraftanlegg. Grensa var i høyringsnotatet foreslått til 5 MW. Det blei også bedt om innspel på ei effektgrense på opp mot 10 MW. Ei slik effektgrense vil gjelde for alle typar solkraftanlegg, også dei som planlagt på industritomter, næringsareal og andre områder med fleire arealformål (grå areal). Departementet vil arbeide med ei endringsforskrift for å gjennomføre nødvendige endringar, etter å ha vurdert innkomne innspel.
Departementet reknar dette oppmodingsvedtaket som følgt opp.
3.3 Stortingssesjon 2021–2022
Straumsituasjonen i Geirangerfjorden etter vedtak om nullutslepp for cruiseskip
Vedtak 385, 15. februar 2022
«Stortinget ber regjeringa vurdere kva kraftbehov som fylgjer av målet om næringsutvikling i verdsarvområda Geiranger og Nærøyfjorden og ferjesambanda der, utan klimagassutslepp, og kome attende til Stortinget med ei sak om korleis regjeringa kan medverke til at kraftbehovet vert dekt.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Dokument 8:30 S (2021–2022) og Innst. 135 S (2021–2022) om straumsituasjonen i Geirangerfjorden etter vedtak om nullutslepp for cruiseskip.
Regjeringa innfører krav om nullutslepp i verdsarvområda for skip under 10 000 bruttotonn frå 1. januar 2026. For skip over 10 000 bruttotonn vil kravet gjelde frå 1. januar 2032. Skipa kan bruke biogass for å oppfylle kravet også etter 2032, og det stillast berre krav om bruk av landstraum der dette er tilgjengeleg. Inntil vidare blir det gitt unntak for fylkeskommunanes rutebåt. Regjeringa vurderer at kraftbehovet i Geiranger og Nærøyfjorden, og tilhøyrande ferjesamband, som følger av vedtak om nullutslepp for cruiseskip, blir dekt med eksisterande rammer og reguleringar.
Departementet reknar dette oppmodingsvedtaket som følgt opp.
Fjerne regulatoriske barrierar som hindrar lokal energiproduksjon, energilagring og omsetning av energi mellom bygg
Vedtak 548, 10. mai 2022
«Stortinget ber regjeringen fjerne regulatoriske barrierer som hindrer lokal energiproduksjon, lokal energilagring og omsetning av energi mellom bygg.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Dokument 8:130 S (2021–2022), Dokument 8:148 S (2021–2022) og Innst. 272 S (2021–2022).
Departementet har i oppfølginga av vedtaket bedt NVE, med innspel frå RME og eventuelt andre etatar, kartlegge og vurdere rammevilkåra for lokal energiproduksjon og -lagring og eventuelt foreslå endringar i eksisterande reguleringar og verkemiddel. NVEs gjennomgang viser at barrierane for auka utbygging av solkraft varierer avhengig av om det er bakkemontert eller bygningsmonterte anlegg, men lav lønsemd er ifølge NVE ei barriere for begge typar anlegg. Tilgang på areal og nettkapasitet er ei barriere for særleg større anlegg, i hovudsak bakkemonterte anlegg. NVE peiker på at uavklart søknadsplikt etter byggesakforskrifta i enkelte tilfelle kan vere ei barriere for etablering av solkraft på bustader og næringsbygg. Energidepartementet viser til at Kommunal- og distriktsdepartementet vurderer moglegheita for unntak frå søknadsplikt etter plan- og bygningsloven for solenergianlegg på bygningar. NVE peiker også på at grensa på 1 MW og éin eigendom i dagens delingsløysing for fornybar energi kan opplevast som eit hinder for å dimensjonere anlegg optimalt for store bygningar.
Departementet viser til at Energidepartementet har bestilt og fått eit forslag frå Reguleringsmyndigheita for energi (RME) til korleis ei delingsordning for fornybar straum tilpassa næringsområde kan innrettast på ein samfunnsmessig rasjonell måte. På oppdrag frå Energidepartementet og Finansdepartementet har RME og Skattedirektoratet greidd delingsordninga ut vidare. Departementa er opptatt av at ordninga skal ha ei tydeleg avgrensing som står seg over tid. Energidepartementet og Finansdepartementet vil hausten 2024 sende forskriftsendringar på høyring som gjer det mogleg å dele overskotsproduksjon av fornybar straum frå anlegg på inntil 5 MW innanfor eit næringsområde. Departementa tar sikte på å innføre ei slik ordning så raskt som mogleg.
Departementet reknar dette oppmodingsvedtaket som følgt opp.
Havvind – tildeling av areal
Vedtak 703, 10. juni 2022
«Stortinget ber regjeringen sørge for at neste tildeling av havvindareal etter Sørlige Nordsjø II og Utsira Nord i nye områder skjer senest i løpet av 2025. Stortinget ber om at dette er en større utlysning som legger til rette for skalering og teknologiutvikling og nye industrielle muligheter og at utlysningen sikrer god sameksistens og tar hensyn til viktige naturverdier.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Meld. St. 36 (2020–2021), Meld. St. 11 (2021–2022) og Innst. 446 S (2021–2022).
I april 2024 tildelte departementet det første prosjektområdet for havvind på norsk sokkel. Prosjektområdet i Sørlige Nordsjø II blei tildelt Ventyr SNII AS. Neste utlysing av prosjektområder til havvind er planlagt i 2025. NVE er i gang med strategiske konsekvensutgreiingar av moglege havvindområde. Vestavind B saman med Vestavind F og Sørvest F blir utgreidde med sikte på utlysing i 2025, medan dei resterande 17 områda blir utgreidde med sikte på eventuell opning og tildeling i seinare tildelingsrundar. I den strategiske konsekvensutgreiinga vurderer NVE mellom anna sameksistens og omsynet til viktige naturverdiar.
Som ein del av opningsprosessen og førebuing til havvindutlysinga i 2025 har regjeringa sett i gang naturkartlegging av dei aktuelle havvindområda. Naturkartlegginga kjem i tillegg til den strategiske konsekvensutgreiinga og inkluderer feltundersøkingar av fugl gjennom SEAPOP og SEATRACK, Mareano-kartlegging og overvaking av fisk og sjøpattedyr av Havforskingsinstituttet.
Som del av førebuingane til den planlagde utlysinga i 2025 har departementet gjennomført ei høyring om forslag til støtteordning for flytande havvind. Høyringa skisserer mellom anna ulike alternativ for gjennomføring av tildeling av areal og konkurranse om statsstøtte til havvind. Departementet arbeider vidare med innspela frå høyringa.
Departementet vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte.
Havvind – vurdere å fastsette delmål for arealtildeling innan 2030
Vedtak 716, 10. juni 2022
«Stortinget ber regjeringen i lys av erfaringer og evalueringen som gjøres fra de første tildelingene, vurdere å fastsette et delmål for arealtildeling innen 2030.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Meld. St. 36 (2020–2021), Meld. St. 11 (2021–2022) og Innst. 446 S (2021–2022).
Energidepartementet førebur neste utlysing i 2025, samtidig som det gjennomførast ei evaluering av første tildeling som blei gjort i april 2024. NVE er i gang med strategiske konsekvensutgreiingar av nye område.
Departementet vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte.
Mål om auka energisparing – greie ut ulike ordningar med energisparesertifikat
Vedtak 727, 10. juni 2022
«Stortinget ber regjeringen utrede ulike ordninger med energisparesertifikater for å utløse mål om økt energisparing med mest mulig effekt.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Meld. St. 36 (2020–2021), Meld. St. 11 (2021–2022) og Innst. 446 S (2021–2022).
Energidepartementet har vurdert ordningar for energisparesertifikat for å utløyse mål om auka energisparing. Energisparesertifikat er eit verkemiddel der nokre aktørar, normalt kraftleverandørar eller nettselskap, får krav om å sette i verk årlege energisparetiltak tilsvarande ein viss prosent av den totale energileveransen sin. Energisparesertifikat kan minne om ETS-systemet for klimakvotar, der aktørar blir pålagde å redusere forbruket eller dekket opp forpliktingane sine med sertifikat.
Ei ordning med energisparesertifikat vil vere svært administrativt krevjande. Det må utarbeidast ei omfattande predefinert liste med tiltak som kvalifiserer til å få utskrive sertifikat. Det må også fastsettast kor mange sertifikat kvart tiltak klassifiserer til. Det vil vere utfordrande å komme fram til generelle energiinnsparingar knytt til eit bestemt tiltak. Same tiltak kan gi ulike energiinnsparingar avhengig av kvar og korleis det blir gjennomført.
Formålet med ei ordning med energisparesertifikat er å stimulere til auka energieffektivisering. Regjeringa la hausten 2023 fram ein handlingsplan for energieffektivisering i alle delar av norsk økonomi. Der blei det lagt opp til ei styrking av arbeidet med energieffektivisering. Handlingsplanen omfatta tiltak for energieffektivisering i alle dei store energiforbrukande sektorane, under dette industri-, transport- og byggsektoren. Løyvingane til Enova og Husbanken er auka. Enova støttar konkrete energieffektiviseringstiltak i fleire sektorar og det blei varsla gjennomgang og innføring av nye krav om energieffektivisering, under dette krav om regelmessige energikartleggingar for føretak med stort energiforbruk, som no har vore på høyring. På bakgrunn av dette reknar departementet det som lite formålstenleg med vidare utgreiingar av ordningar med energisparesertifikat på noverande tidspunkt.
Departementet reknar dette oppmodingsvedtaket som følgt opp.
Prioritere kven av større nye forbrukarar som får tilknyting til og uttak frå nettet
Vedtak 731, 10. juni 2022
«Stortinget ber regjeringen, i etterkant av at Strømnettutvalget kommer med sine anbefalinger i juni 2022, vurdere og fremme forslag som sørger for at NVE gjennom forskrifter prioriterer hvem som får tilknytning til og uttak fra nettet av større nye forbrukere og komme tilbake til Stortinget i forbindelse med revidert nasjonalbudsjett 2023.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Meld. St. 36 (2020–2021), Meld. St. 11 (2021–2022) og Innst. 446 S (2021–2022).
I Innst. 239 S (2023–2024) viser fleirtalet i kontroll- og konstitusjonskomiteen til at det i regjeringa si handlingsplan for raskare nettutbygging og betre utnytting av nettet blir varsla forskriftsendringar som inneber at nettselskapa skal ta omsyn til kor modne prosjekta er, når dei fordeler kapasitet. Vidare viser fleirtalet til at RME har fått i oppdrag å foreslå konkrete forskriftsendringar, som vil bli sende på høyring. Fleirtalet meiner oppmodingsvedtaket ikkje kan kvitterast ut før desse forslaga er sende på høyring.
Straumnettutvalets rapport, NOU 2022: 6 Nett i tide – om utvikling av strømnettet, blei lagd fram 14. juni 2022. Regjeringa sin handlingsplan for raskare nettutbygging og bedre utnytting av nettet blei lagt fram 19. april 2023, som ein del av oppfølginga av rapporten frå Straumnettutvalet. Som varsla i handlingsplanen, sendte departementet 7. mai 2024 på høyring eit forslag som inneber at nettselskapa skal ta omsyn til kor modne prosjekta er, når dei fordeler kapasitet. Formålet med dette er å bidra til at det er prosjekt som faktisk blir gjennomført som skal få kapasitet i nettet.
Departementet reknar dette oppmodingsvedtaket som følgt opp
Prøveordning for handverksbedrifter – energitiltak
Vedtak 746, 10. juni 2022
«Stortinget ber regjeringen i forbindelse med revidert nasjonalbudsjett 2023 vurdere å opprette en prøveordning der håndverksbedrifter kan få støtte til kompetanseheving innen energitiltak.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Meld. St. 36 (2020–2021), Meld. St. 11 (2021–2022) og Innst. 446 S (2021–2022).
Kompetanseheving i private verksemder er verksemdene sitt eige ansvar, og det finst mykje informasjon og ulike kurs og utdanningstilbod tilgjengeleg som bedriftene kan nytte seg av. Energioppgraderingar er ofte velkjende tiltak som etterisolering, utskifting av vindauge og liknande, men byggeigarar har ikkje nødvendigvis informasjon og kompetanse til å forstå kva energitiltak det kan lønne seg å gjennomføre og etterspørje tiltak som faktisk monnar. Målretta informasjon og auka kompetanse hos byggeigarar er derfor viktig for å få ned energibruken i bygg.
Departementet la fram ein handlingsplan for energieffektivisering hausten 2023. Det blei vigd stor plass til verkemiddel for energieffektivisering i bygg i handlingsplanen, og det blei varsla at informasjonsverkemidla skulle vidareutviklast. Departementet gav i 2022 NVE i oppgåve å utvikle og sette i gang eit informasjonsopplegg om energisparing og effektivisering retta mot hushald, kommunar og næringsbygg. Departementet har styrkt NVEs budsjett betydeleg dei siste åra som mellom anna legg til rette for at NVE kan vidareføre og utvikle informasjonsarbeidet retta mot energieffektivisering. I tillegg finn ein informasjon om gode energieffektiviseringstiltak på DiBKs og Enovas nettsider.
Departementet reknar dette oppmodingsvedtaket som følgt opp.
Fotnotar
Standard kubikkmeter oljeekvivalentar