Del 2
Nærmare om budsjettforslaget
2 Nærmare om budsjettforslaget
Programkategori 06.10 Administrasjon
Utgifter under programkategori 06.10 fordelte på postgrupper
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Post-gr. | Nemning | Rekneskap 2023 | Saldert budsjett 2024 | Forslag 2025 | Endring i pst. |
01–29 | Statens eigne driftsutgifter | 599 934 | 561 061 | 509 782 | -9,1 |
50–89 | Overføringar til andre | 101 297 | 108 105 | 114 517 | 5,9 |
Sum kategori 06.10 | 701 231 | 669 166 | 624 299 | -6,7 |
Utgifter under programkategori 06.10 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2023 | Saldert budsjett 2024 | Forslag 2025 | Endring i pst. |
400 | Justis- og beredskapsdepartementet | 701 231 | 669 166 | 624 299 | -6,7 |
Sum kategori 06.10 | 701 231 | 669 166 | 624 299 | -6,7 |
Innleiing
Justis- og beredskapsdepartementet har ansvar for rettsvesenet, kriminalomsorga, politiet og påtalemakta, redningstenesta, samfunnstryggleik og beredskap, utlendingsforvaltninga m.m. Justis- og beredskapsdepartementet er samordningsdepartement for norsk politikk i polarområda og for svalbardbudsjettet. Justis- og beredskapsdepartementet har eit særleg ansvar for å medverke til eit oversiktleg lovverk med samanheng og god lovstruktur. Alle lovforslag utanom dei som gjeld skattelover, skal leggjast fram for Justis- og beredskapsdepartementet for lovteknisk gjennomgang. Justis- og beredskapsdepartementet gir òg råd til andre departement om lovarbeid.
Kap. 400 Justis- og beredskapsdepartementet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2023 | Saldert budsjett 2024 | Forslag 2025 |
01 | Driftsutgifter | 551 970 | 529 752 | 472 783 |
21 | Spesielle driftsutgifter, kan overførast | 14 000 | ||
23 | Spesielle driftsutgifter, forskning, evaluering og kunnskapsinnhenting, kan overførast | 47 964 | 31 309 | 22 999 |
50 | Norges forskningsråd | 62 744 | 69 092 | |
70 | Overføringer til private | 18 368 | 20 014 | 10 292 |
71 | Tilskudd til internasjonale organisasjoner | 20 185 | 18 999 | 22 508 |
73 | Tilskudd til Norges forskningsråd, kan overførast | 81 717 | ||
Sum kap. 400 | 701 231 | 669 166 | 624 299 |
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga dekker lønn og godtgjersle til tilsette i departementet. Løyvinga skal òg dekke driftsutgifter i tillegg til investeringar og utviklingstiltak. Unntaksvis kan løyvinga på posten brukast til enkelte driftsutgifter i domstolane og ytre etatar.
Den tryggingspolitiske og teknologiske utviklinga har synleggjort eit auka behov for regelverksutvikling og rettsleg bistand for å sikre at Noreg kan møte den nye situasjonen med robuste og oppdaterte regulatoriske løysingar. Justis- og beredskapsdepartementet opplever at talet på førespurnader med spørsmål om sivil/militær beredskap og nasjonal- og digital tryggleik aukar. Regjeringa foreslår å auke løyvinga på kap. 400, post 01 med 6 mill. kroner for å sikre god og naudsynt regelverksutvikling og for å tilby meir rettsleg bistand på desse områda, som både tek omsyn til nye behov i den tryggingspolitiske situasjonen og samstundes varetek rettsstaten sine prinsipp.
Vi treng meir effektive verkemiddel mot gjengkriminalitet. Regjeringa foreslår å auke løyvinga på kap. 400, post 01 med 10 mill. kroner for å arbeide med regelverksutvikling for å motverke gjengkriminalitet, særleg den mest samfunnsskadelege, organiserte og profittmotiverte gjengkriminaliteten, og slik òg få betre verktøy i kampen mot økonomisk kriminalitet.
Koordineringsansvaret for FNs konvensjon om økonomiske, sosiale og kulturelle rettar blir overført frå Utanriksdepartementet til Justis- og beredskapsdepartementet. Den nasjonale rapporteringa på den universelle periodiske gjennomgangen blir også overført, saman med oppdateringa av det nasjonale basisdokumentet om menneskerettar i Noreg. Det blir derfor foreslått å auke løyvinga på kap. 400, post 01 med 1,3 mill. kroner, mot ein tilsvarande reduksjon på kap. 100, post 01.
Tenesta for sosiale medium skal overførast til Digitaliseringsorganisasjonen til departementa. Det blir derfor foreslått å redusere løyvinga på kap. 400, post 01 med 135 000 kroner, mot ein tilsvarande auke på kap. 1515, post 01.
I samband med felles IKT-organisasjon for departementa blir det rammeoverført 21 mill. kroner til Digitaliseringsorganisasjonen til departementa. Det blir derfor foreslått å redusere løyvinga på kap. 400, post 01 med 21 mill. kroner, mot ein tilsvarande auke på kap. 1515, post 01.
Ansvaret for forvaltninga av tilskotsordningar under redningstenesta er flytta frå Justis- og beredskapsdepartementet til Hovudredningssentralen. Det blir derfor foreslått å redusere løyvinga på kap. 400, post 01 med 880 000 kroner, mot ein tilsvarande auke på kap. 455, post 01.
Då Justis- og beredskapsdepartementet flytta til Gullhaug torg 4 i 2012 vart det gjennomført omfattande spesialtilpassingar, primært sikringstiltak. Sikringstiltaka vil være nedbetalt i august 2024 og husleiga blir då redusert. Heilårsverknaden av husleigereduksjonen er 56,7 mill. kroner i 2025. Det blir derfor foreslått å redusere løyvinga på kap. 400, post 01 med 56,7 mill. kroner.
Ansvaret for høggradert mobilkommunikasjon vart overført frå Justis- og beredskapsdepartementet til DSB hausten 2022. På denne bakgrunnen vart løyvinga på kap. 400, post 01 redusert med 2,1 mill. kroner, mot ein tilsvarande auke på kap. 451, post 01 i revidert nasjonalbudsjett 2023. Denne overføringa omfatta ikkje alle driftskostnadene for telefonane. Det blir foreslått å redusere løyvinga på kap. 400, post 01 med 600 000 kroner, mot ein tilsvarande auke på kap. 451, post 01. Beløpet skal bl.a. dekke driftskostnader for reservetelefonar.
Kap. 400, post 21 skal brukast til å finansiere utvala til departementet. Det blir derfor foreslått å redusere løyvinga på kap. 400, post 01 med 10 mill. kroner, mot ein tilsvarande auke på kap. 400, post 21.
Regjeringa foreslår at Justis- og beredskapsdepartementet får fullmakt til å overskride løyvinga på kap. 400, post 01, mot meirinntekter på kap. 3400, post 01, jf. forslag til vedtak.
Regjeringa foreslår ei løyving på posten på 472,8 mill. kroner.
Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overføres
Løyvinga dekker lønns- og driftsutgifter til råd og utval. Det blir foreslått å redusere løyvinga på kap. 400, post 01 med 10 mill. kroner, mot ein tilsvarande auke på kap. 400, post 21.
Regjeringa foreslår at det blir sett ned eit utval som skal utgreie salærordningen og regelverket knytt til den. Det blir derfor foreslått å auke kap. 400, post 21 med 4 mill. kroner.
Regjeringa foreslår ei løyving på posten på 14 mill. kroner.
Post 23 Spesielle driftsutgifter, forskning, evaluering og kunnskapsinnhenting, kan overføres
Løyvinga på post 23 skal brukast til kortvarige forskingsoppdrag, til oppfølging av stortingsmeldingar eller offentlege utgreiingar og til evalueringar og anna innhenting av kunnskap som skal dekke behovet Justis- og beredskapsdepartementet sjølv har for kunnskap som kan danne grunnlag for politikkutvikling og forvaltning. Posten kan òg nyttast til mellombels støtte til etablering av nye forskingssenter.
Det er i 2023 og 2024 tildelt midlar frå kap. 400, post 23 til prosjekt om totalforsvaret og forsking på terrorisme. I tillegg kjem ei årleg tildeling til Simula@UiB – Simula Research Laboratory – for utvikling av nasjonal spisskompetanse innan digital tryggleik og kryptologi. Løyvinga bidreg òg til at fleire kandidatar kan tryggingsklarerast.
Midlane på posten har òg blitt nytta til representative omfangsundersøkingar av kriminalitet, slik som vald i nære relasjonar, seksuelle overgrep og digitale lovbrot. Nasjonal trygghetsundersøkelse gir kunnskap om uro og sårbarheit for lovbrot i den vaksne befolkninga, medan barn og unge blir dekte av Trygg og ung-studien. Nasjonal omfangsundersøkelse av økonomisk kriminalitet gir kunnskap om sårbarheita for lovbrot, t.d. bedrageri og løysepengeangrep i næringslivet og offentleg sektor. Til saman gir desse tre undersøkingane forskingskunnskap om det reelle omfanget av kriminalitet og ulike konsekvensar for samfunnet.
Som ei oppfølging av Prop. 36 S (2023–2024) Opptrappingsplan mot vold og overgrep mot barn og vold i nære relasjoner (2024–2028) blir det foreslått å styrke Noregs forskingsråd gjennom å flytte 10 mill. kroner frå kap. 400, post 23 til kap. 400, post 73 frå 2025. Midlane har finansiert eit mangeårig forskingsprogram om vald i nære relasjonar, i regi av NKVTS og NOVA, som blir avslutta i 2024.
I 2025 er det foreslått midlar for å styrke arbeidet med å førebyggje barne- og ungdomskriminalitet. For å følgje opp dette arbeidet blir det derfor foreslått å auke løyvinga på posten med 0,5 mill. kroner til arbeidet med følgjeevaluering.
Regjeringa foreslår ei løyving på posten på 23 mill. kroner.
Post 70 Overføringer til private
Løyvinga skal dekke drift av ein nettportal om vald i nære relasjonar og valdtekt (dinutvei.no), tiltak for å førebyggje vald i nære relasjonar og ein nasjonal konferanse om samarbeid og samordning i arbeidet mot vald i nære relasjonar.
Tabell 2.1 Enkeltståande tilskot
(Beløp i 1 000 kroner) | |
---|---|
Tilskot | Forslag 2025 |
Nasjonalt kunnskapssenter om vald og traumatisk stress (drift av nettportalen dinutvei.no) | 4 886 |
Regionale ressurssenter om vald, traumatisk stress og sjølvmordsførebygging (nasjonal konferanse om samarbeid og samordning i arbeidet mot vald i nære relasjonar) | 450 |
Nasjonalt kunnskapssenter om vald og traumatisk stress (tiltak for å førebyggje vald i nære relasjonar og informasjonskampanje) | 1 078 |
Regionale ressurssenter om vald, traumatisk stress og sjølvmordsførebygging (tiltak for å førebyggje vald i nære relasjonar og drift av forum mot vald og overgrep i samiske samfunn) | 400 |
Sum | 6 814 |
I 2024 vart det sett av om lag 3,5 mill. kroner til bl.a. evaluering av opptrappingsplanen om vald og overgrep mot barn og vald i nære relasjonar og forsking om førebygging av vald og overgrep i samiske samfunn. Til saman vart det løyvd om lag 9 mill. kroner på posten i 2024 til tiltak for å førebyggje vald i nære relasjonar. Løyvinga for 2025 skal nyttas til tiltak for å førebyggje vald i nære relasjonar.
Norsk senter for informasjonssikring (NorSIS) er overdratt til Nasjonalt tryggingsorgan. NorSIS har i det vesentlege vore finansiert gjennom tilskot frå Justis- og beredskapsdepartementet på kap. 400, post 70. Det blir derfor foreslått å redusere løyvinga under kap. 400, post 70 med 10,5 mill. kroner, mot ein tilsvarande auke av løyvinga på kap. 457, post 01.
Regjeringa foreslår ei samla løyving på posten på 10,3 mill. kroner.
Post 71 Tilskudd til internasjonale organisasjoner
Løyvinga skal dekke Noreg sine tilskot og kontingentar til internasjonale organisasjonar og internasjonalt samarbeid på saksområda til Justis- og beredskapsdepartementet, i hovudsak desse:
Den internasjonale domstolen i Haag
Haagkonferansen for internasjonal privatrett
World Intellectual Property Organization (WIPO)
Det internasjonale instituttet i Roma for einsarta privatrett (UNIDROIT)
Group of States against Corruption (GRECO)
Tilskot til rådssekretariatet og fellesorganet i samband med Schengen-samarbeidet
Interoperability solutions for public administrations, businesses and citizens (ISA)
Council of the Baltic Sea States (CBSS)
Nordisk samarbeidsråd for kriminologi
Finansielt bidrag til EU-kommisjonen for norsk deltaking i Schengen-komiteane
European Union Agency for Cybersecurity (ENISA)
Regjeringa foreslår ei løyving på posten på 22,5 mill. kroner.
Post 73 Tilskudd til Norges forskningsråd, kan overføres
Noregs forskingsråd er eit forvaltningsorgan som er underlagt Kunnskapsdepartementet. Forskingsrådet har fem mål:
betre vitskapleg kvalitet
større verdiskaping i næringslivet
å møte store samfunnsutfordringar
eit velfungerande forskingssystem
god rådgiving
Måla er felles for alle departementa. Kunnskapsdepartementet har ansvaret for å samordne styringssignala frå departementa og har i samarbeid med departementa og Forskingsrådet utarbeidd eit system for korleis departementa skal styre Forskingsrådet. Den samla måloppnåinga for Forskingsrådet i 2023 er omtalt i Prop. 1 S (2024–2025) for Kunnskapsdepartementet.
Ny budsjettmodell for Noregs forskingsråd
Det blir vist til tidlegare omtale i budsjettproposisjonar til Kunnskapsdepartementet om arbeidet med ny budsjettmodell for Noregs forskingsråd. Stortinget har slutta seg til at Forskingsrådet frå og med 2025 skal bruttobudsjetterast med tilsegnsfullmakter, jf. Innst. 12 S (2023–2024).
I tillegg til arbeidet med budsjetteringsmodellen har det vore gjennomført tiltak for å forenkle finansieringsstrukturen gjennom færre budsjettkapittel og -postar i departementa si løyving til Forskingsrådet. Regjeringa vil i den nye budsjettmodellen i dei årlege budsjetta frå og med 2025-budsjettet fremme forslag om to beløp, eitt for løyving og eitt for tilsegnsfullmakt for kvart departement sine tilskotspostar til Forskingsrådet. Beløpet for løyvingsforslaget er sett med utgangspunkt i forventa kontante utbetalingar i det aktuelle budsjettåret. Løyvinga vil bestå av forventa utbetalingar av tidlegare gitte tilsegn og utbetaling av nye tilsegner gitt i det aktuelle budsjettåret. Beløpet for tilsegnsfullmakt angir det samla beløpet for tidlegare inngåtte forpliktingar og nye tilsegner som kjem til utbetaling etter det aktuelle budsjettåret.
For ein meir detaljert omtale av bakgrunnen for og hovudtrekka ved den nye budsjettmodellen, sjå kap. 10 i Prop. 1 S (2024–2025) for Kunnskapsdepartementet.
Justis- og beredskapsdepartementet har eit ansvar for langsiktig forsking innanfor justis- og beredskapssektoren. Løyvingane frå departementet til Forskingsrådet over kap. 400, post 73 skal i hovudsak sørge for det breie sektoransvaret for forsking og bidra til langsiktig kompetanse- og kunnskapsoppbygging innanfor sektorområda til Justis- og beredskapsdepartementet. Posten blir endra frå post 50 til 73 frå og med 2025.
Tildelinga i 2023 over kap. 400, post 50 var på 61,4 mill. kroner.
Det har vore satsa på forsking innanfor området samfunnstryggleik over fleire år, og forskinga som er finansiert gjennom Noregs forskingsråd, held no høg kvalitet. Prosjekta gir kunnskap, teknologi og kompetanse som bl.a. gjer det mogleg å identifisere, forstå og handtere risiko og sårbarheit og å gi forskingsbaserte råd til myndigheiter og beredskapsaktørar innanfor det tverrsektorielle samfunnstryggleiksarbeidet. Det er bl.a. prosjekt som tek for seg desinformasjon, cybertryggleik, digital sårbarheit, maritim tryggleik, sikker drikkevassforsyning, nødvendig infrastruktur og krisehandtering. Forskinga bidrar òg til tverrfagleg og anvend kunnskap som er med på å auke tryggleiken i nødvendige infrastrukturar, redusere sårbarheiter i samfunnet og utvikle ny tryggingsteknologi.
Forsking finansiert gjennom Noregs forskingsråd inkluderer òg forsking på høgreekstrem ideologi og valdsutøving. Frå 2022 har Justis- og beredskapsdepartementet dessutan løyvd 11 mill. kroner til ei styrking av forsking på vald, overgrep og hatkriminalitet. Midlane har vore tildelt tre prosjekt som femnar problemstillingar som er viktige for både politikkutvikling og praksisfeltet, særleg der politiet har eit felles ansvar saman med kriminalomsorga, spesialhelsetenestene og hjelpeinstansar.
Saman med Nasjonalt tryggingsorgan fekk Forskingsrådet i 2024 etablert Nasjonalt koordineringssenter for forsking og innovasjon innan cybertryggleik (NCC-NO). Senteret inngår i eit nettverk av nasjonale senter under Det europeiske kompetansesenteret for cybertryggleik (ECCC), som administrerer cybertryggleiksrelaterte midlar i EU-programma Horisont Europa og DIGITAL. NCC-NO jobbar bl.a. med å utløyse potensialet for auka deltaking frå norske aktørar i europeiske utlysingar.
Justis- og beredskapsdepartementet har frå 2022 også tildelt Noregs forskingsråd 5,5 mill. kroner til EØS-rettsvitskapleg forsking. Midlane er ein del av ei felles satsing med Arbeids- og inkluderingsdepartementet og finansierer eitt senter ved Universitetet i Oslo og eitt ved Universitetet i Bergen. Forskinga ved sentera blir kopla til utdanninga av juristar og er dermed ei styrking av dei rettsvitskaplege miljøa.
Forskinga på migrasjonsområdet er i all hovudsak tverrfagleg innanfor samfunnsvitskapane, med sosiologi og økonomi som sentrale fagfelt. Justis- og beredskapsdepartementet vektlegg at løyvinga frå departementet skal bidra til utvikling av kunnskapsgrunnlaget for innvandringspolitikken, med vekt på asyl- og flyktningsystemet.
Som ei oppfølging av Opptrappingsplan mot vold og overgrep mot barn og vold i nære relasjoner (2024–2028) blir det foreslått ei styrking av Noregs forskingsråd gjennom ei overføring av 10 mill. kroner frå kap. 400, post 23 til kap. 400, post 73 frå 2025. Midlane har tidlegare finansiert eit forskingsprogram om vald i nære relasjonar, i regi av NKVTS og NOVA. Midlane skal sjåast i samanheng med tildelinga til Noregs forskingsråd til forsking på vald, overgrep og hatkriminalitet.
Den samla tildelinga til Noregs forskingsråd i 2024 var 69,092 mill. kroner.
Løyvinga på kap. 400 post 73 i 2025 skal dekke forventa utbetalingar av tilsegner som Forskingsrådet allereie har inngått tidlegare år, og av nye tilsegner som kjem til utbetaling i budsjettåret. Regjeringa foreslår ei løyving på posten på 81,7 mill. kroner i 2025.
Posten må budsjetterast med ei tilsegnsfullmakt fordi Forskingsrådet finansierer fleirårige forskingsprosjekt og treng fullmakt frå Stortinget til å kunne forplikte staten utover gjeldande budsjettår. Tilsegnsfullmakta skal vise dei uteståande forpliktingane staten har på posten, det vil seie den delen av gitte tilsegner som enno ikkje er utbetalt, ved utgangen av budsjettåret. Departementet foreslår ei tilsegnsfullmakt på 217,8 mill. kroner knytt til posten, jf. forslag til vedtak.
Kap. 3400 Justis- og beredskapsdepartementet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2023 | Saldert budsjett 2024 | Forslag 2025 |
01 | Diverse inntekter | 5 899 | 6 341 | 6 582 |
02 | Refusjon av ODA-godkjente utgifter | 1 079 | 1 127 | |
Sum kap. 3400 | 6 978 | 7 468 | 6 582 |
Post 01 Diverse inntekter
Post 01 blir brukt til å føre inntekter frå kantina som departementet driv i Nydalen, refusjonar gjennom rolla departementet har som programpartnar i EØS-midlane, og ymse inntekter. Desse inntektene varierer årleg. Refusjonar frå Utanriksdepartementet for den ODA-godkjende delen på 3 pst. av bidraget til World Intellectual Property utgjer om lag 100 000 kroner av inntektene.
Regjeringa foreslår at meirinntektene på kap. 3400, post 01 kan brukast til å overskride løyvinga på kap. 400, post 01 tilsvarande, jf. forslag til vedtak.
Regjeringa foreslår ei løyving på posten på 6,6 mill. kroner.
Programkategori 06.20 Rettsvesen
Utgifter under programkategori 06.20 fordelte på postgrupper
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Post-gr. | Nemning | Rekneskap 2023 | Saldert budsjett 2024 | Forslag 2025 | Endring i pst. |
01–29 | Statens eigne driftsutgifter | 3 742 124 | 3 855 749 | 4 075 065 | 5,7 |
Sum kategori 06.20 | 3 742 124 | 3 855 749 | 4 075 065 | 5,7 |
Utgifter under programkategori 06.20 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2023 | Saldert budsjett 2024 | Forslag 2025 | Endring i pst. |
61 | Høyesterett | 136 646 | 137 706 | 140 344 | 1,9 |
410 | Domstolene | 3 156 357 | 3 231 263 | 3 423 526 | 6,0 |
411 | Domstoladministrasjonen | 86 210 | 89 894 | 91 842 | 2,2 |
414 | Forliksråd og andre domsutgifter | 362 911 | 396 886 | 419 353 | 5,7 |
Sum kategori 06.20 | 3 742 124 | 3 855 749 | 4 075 065 | 5,7 |
Innleiing
Målet for programkategori 06.20 Rettsvesen er rettstryggleik.
Programkategori 06.20 omfattar Høgsterett, lagmannsrettane, tingrettane, jordskifterettane, forliksråda, Finnmarkskommisjonen, Utmarksdomstolen for Finnmark og Domstoladministrasjonen.
Domstolane er den tredje statsmakta. Rettsstaten føreset tilgang til uavhengige og upartiske domstolar for tvisteløysing og straffesaksbehandling, og stiller òg krav om at rettargangen skal vere rettvis. Openheit og integritet er grunnleggjande for arbeidet.
Dei alminnelege domstolane har ansvar for å vareta rettstryggleiken ved å avseie dommar og treffe avgjerder innan rimeleg tid og med høg kvalitet. Dette stiller krav til effektivitet og god saksflyt i domstolane. Mål for gjennomsnittleg saksbehandlingstid for både straffesaker, sivile saker (tvistesaker) og jordskiftesaker blir vedtekne årleg gjennom Stortinget si behandling av Prop. 1 S. I tillegg er det enkelte lovbestemte fristar.
Stortinget endra Grunnlova 21. mai 2024 for å styrke det konstitusjonelle vernet av domstolar og dommarar og sjølvstendet deira.
Forliksråda er det lågaste leddet i rettssystemet for sivile saker. Jordskifterettane er særdomstolar. Kompetansen til jordskifterettane er i all hovudsak regulert av jordskiftelova.
Straffesaksområdet
Domstolane er det andre leddet i straffesakskjeda og tek imot saker frå påtalemakta. I straffesaker avgjer dei alminnelege domstolane om det er grunnlag for skuldinga til påtalemakta om brot på straffelovgivinga, og dei tek stilling til om det skal dømmast straff. Domstolane har ei sentral rolle for å få til ei meir effektiv straffesakskjede. Det er òg viktig for rettstryggleiken til den enkelte.
Sivile saker
Dei alminnelege domstolane behandlar òg sivile saker, som bl.a. tvistesaker, gjeldsordningssaker, konkurssaker, skiftesaker m.m. Forliksråda er eit rimeleg tvisteløysingsorgan som meklar mellom partar i sivile saker og kan avseie dom i enkelte saker. Ein stor del av sakene blir endeleg avgjorde i forliksrådet. Avgjerder frå forliksråda kan bringast inn for tingretten.
Jordskifterettane er særdomstolar som behandlar spørsmål om fast eigedom. Sakene gjeld krav om fastsetjing av og endring i eigedomsforhold og rettar som gjeld fast eigedom, fastsetjing av grenser og skjønn.
Finnmarkskommisjonen skal greie ut bruks- og eigarrettar til den grunnen som Finnmarkseigedommen overtok då Finnmarkslova tok til å gjelde 1. juli 2006. Utmarksdomstolen for Finnmark er ein særdomstol som behandlar tvistar som kan oppstå etter at Finnmarkskommisjonen har greidd ut rettsforholda i eit område.
Prioriteringar i 2025
Regjeringa la i samband med revidert nasjonalbudsjett for 2024 fram forslag om eit varig løft for rettstryggleiken, bl.a. for å sikre nærleik til domstolane og god rettstryggleik i heile Noreg, jf. Prop. 104 S (2023–2024) og Innst. 447 S (2023–2024). Det blir foreslått å føre vidare tiltaka i 2025.
Det blir foreslått å auke løyvinga til Høgsterett med 2,2 mill. kroner for å styrke det administrative og juridiske støtteapparatet i Høgsterett.
Det blir foreslått å auke løyvinga til domstolane med 50,0 mill. kroner for å sikre stabil og sikker drift av IT-systema i domstolane.
Det blir foreslått å auke løyvinga til domstolane med 6,5 mill. kroner for å leggje til rette for lyd- og biletopptak på alle rettsstader.
Det blir foreslått å auke løyvinga til domstolane med 19,5 mill. kroner for å oppgradere domstollokale.
Det blir foreslått å auke løyvinga til domstolane med 10,8 mill. kroner for å sikre minimum to embetsdommarar på kvar rettsstad.
Det blir òg foreslått å auke løyvinga til domstolane med 50,3 mill. kroner til oppretting av fem nye tingrettar.
Det blir foreslått å auke løyvinga til domstolane med 11,1 mill. kroner til etablering av eit hurtigspor for behandling av straffesaker i Oslo der gjerningspersonen er under 18 år.
Det blir foreslått å auke løyvinga med 3,0 mill. kroner som følgje av at midlane til nytt nettverk i Høgsteretts hus vart gitt for eitt år, mot tilsvarande reduksjon på kap. 61, post 01.
I perioden 2022–2024 er det samla løyvd 111,7 mill. kroner til digitaliseringsprosjektet Elektronisk samhandling i straffesakskjeda (ESAS). For 2025 blir det foreslått å løyve 14,2 mill. kroner til å vidareføre prosjektet.
Fleire av tinghusa er gamle og har behov for rehabilitering eller utskifting. Arbeidet med rehabilitering av Bergen tinghus førast videre i 2025. Sjå òg omtale under kap. 410 og i Prop. 1 S (2024–2025) for Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet.
Retningslinjer for Domstoladministrasjonen
Domstoladministrasjonen er den sentrale administrasjonen av domstolane og utfører ei rekkje felles administrative oppgåver for dei alminnelege domstolane, jordskifterettane, Finnmarkskommisjonen og Utmarksdomstolen for Finnmark. Domstoladministrasjonen er ansvarleg for tildelinga av budsjettet til domstolane (med unntak av Høgsterett), utvikling og drift av felles saksbehandlingssystem og andre IT-funksjonar.
Domstoladministrasjonen har ansvar for utvikling av system for analyse og vurdering av måloppnåinga til domstolane. Den overordna arbeidsgivarfunksjonen ligg òg hos Domstoladministrasjonen.
Stortinget fastset rammer og mål for budsjett og lover for verksemda i domstolane. Nedanfor følgjer Justis- og beredskapsdepartementet sine forslag til generelle retningslinjer for verksemda til Domstoladministrasjonen for 2025.
Domstoladministrasjonen skal
leggje til rette for brukarorientering og utvikling i domstolane som gir reell tilgang til domstolane og riktige avgjerder til rett tid
sørge for effektiv ressursutnytting gjennom felles praksis og større satsing på aktiv saksstyring og utnytte moglegheitene til effektiv saksavvikling som allereie ligg i lovverket
leggje til rette for systematisk kvalitetsutvikling
leggje til rette for at domstolane kan oppfylle måla til Stortinget for gjennomsnittleg saksbehandlingstid
sørge for sikre og stabile IT-løysingar i ein digital rettsprosess, der personopplysningar og annan informasjon blir behandla på ein trygg måte
sikre systematisk og målretta rekruttering og kompetanseutvikling for leiarar og medarbeidarar i domstolane og Domstoladministrasjonen
sikre at oppgåveløysinga i domstolane skjer i forsvarleg trygge rammer
sikre eit godt avgjerdsgrunnlag for regjeringa og Stortinget
Styret i Domstoladministrasjonen og justis- og beredskapsministeren har årlege møte. Justis- og beredskapsdepartementet har fleire møte i året med Domstoladministrasjonen på administrativt nivå. Formålet med desse møta er bl.a. å få ei felles forståing av noverande og kommande økonomiske behov i domstolane. I møta blir det òg gjort greie for framdrifta til større investeringsprosjekt. Departementet får òg informasjon om saksavviklinga og saksbehandlingstidene i domstolane. Domstoladministrasjonen står fritt til å ta opp andre tema i møta med departementet.
I arbeidet med statsbudsjettet får departementet skriftlege innspel frå Domstoladministrasjonen med forslag til nye satsingar i domstolane. Innspela og vurderingane frå Domstoladministrasjonen er viktige for arbeidet til departementet med dei årlege budsjetta.
Regelutvikling
Stortinget endra Grunnlova 21. mai 2024 for å styrke det konstitusjonelle vernet av domstolar og dommarar og sjølvstendet deira.
Regjeringa ønskjer gode reglar som bidrar til at saker blir avvikla effektivt og med høg kvalitet i heile landet. Dei siste åra har det blitt gjort mange lovendringar for å bidra til raskare og meir konsentrert behandling av saker i domstolane. Det krevst ei kulturendring både i domstolane og hos aktørane for å få den fulle effekten av lovendringane. (Regelutviklinga er òg omtalt under del 1.)
Justis- og beredskapsdepartementet har lagt fram forslag til endringar i tvistelova og straffeprosesslova, jf. Prop. 110 L (2023–2024). Forslaga går ut på å syte for at ei sperra adresse ikkje blir avslørt som følgje av plikta etter tvistelova til å oppgi namn og andre personalia ved innleiinga til parts- og vitneavhøyr i sivile saker, og å innføre eit unntak frå fristen på ti år for å krevje gjenopning for sivile krav som er fremma i samband med ei straffesak.
Regjeringa la 16. juni 2022 fram Prop. 34 L (2022–2023) Endringer i tvisteloven mv. (rettsmekling, ankenektelse mv.). Stortinget slutta seg til endringsforslaga, jf. Innst. 273 L (2022–2023). Lovendringane tredde i kraft i to ledd, 1. juli 2023 og 1. januar 2024. Det overordna formålet med forslaga er å oppnå ei meir effektiv rettspleie, ei meir aktiv saksstyring og ein større grad av proporsjonalitet i prosessen, og slik bidra til lågare kostnader for partane og samfunnet og at tilgangen til domstolane blir vareteken.
Kap. 61 Høyesterett
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2023 | Saldert budsjett 2024 | Forslag 2025 |
01 | Driftsutgifter, kan nyttast under kap. 410, post 01 og kap. 411, post 01 | 136 646 | 137 706 | 140 344 |
Sum kap. 61 | 136 646 | 137 706 | 140 344 |
Hovudoppgåva til Høgsterett er å arbeide for rettsavklaring og rettsutvikling. Høgsterett behandlar ankar over avgjerder som er tekne av lågare domstolar, både i sivile saker og i straffesaker, men tek ikkje stilling til skuldspørsmålet i straffesaker. I 2023 tok Høgsterett til saman imot om lag 2 078 ankesaker. I 2023 vart 9,3 pst. av ankane over dom i sivile saker og 8,4 pst. av ankane over dom i straffesaker fremma til behandling. Høgsterett behandla 51 sivile saker og 32 straffesaker etter munnleg behandling i avdeling.
Post 01 Driftsutgifter, kan nyttes under kap. 410, post 01 og kap. 411, post 01
Løyvinga dekker faste og variable lønnskostnader og andre driftsutgifter som følgjer av verksemda til Høgsterett. Det var 20 dommarar og om lag 50 andre tilsette ved Høgsterett per 31. desember 2023.
Det blir foreslått å auke løyvinga med 2,2 mill. kroner til styrking av det administrative og juridiske støtteapparatet i Høgsterett.
Det blir foreslått å redusere løyvinga med 3,0 mill. kroner som følgje av at midlane til nytt nettverk i Høgsteretts hus vart gitt for eitt år, mot tilsvarande auke av kap. 410, post 01.
Det blir foreslått at Justis- og beredskapsdepartementet i 2024 får fullmakt til å overskride løyvinga på kap. 61, post 01, mot tilsvarande meirinntekter på kap. 3061, post 03, jf. forslag til vedtak.
Det blir foreslått ei løyving på 140,3 mill. kroner på posten.
Kap. 410 Domstolene
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2023 | Saldert budsjett 2024 | Forslag 2025 |
01 | Driftsutgifter, kan nyttast under kap. 61, post 01 og kap. 411, post 01 | 3 058 562 | 3 120 539 | 3 311 586 |
21 | Spesielle driftsutgifter | 95 817 | 107 544 | 109 438 |
22 | Vernesaker/sideutgifter, jordskiftedomstoler, kan overførast | 1 978 | 3 180 | 2 502 |
Sum kap. 410 | 3 156 357 | 3 231 263 | 3 423 526 |
Domstolane er uavhengige. Korkje Stortinget, regjeringa eller andre myndigheiter kan instruere eller påverke domstolane i den dømmande verksemda. Kompetansen til domstolane omfattar bl.a. å utøve kontroll med den lovgivande og den utøvande makta. Domstolane skal sikre at individ får rettane sine etter Grunnlova, lover og internasjonale konvensjonar som staten er bunden av. Domstolane skal avgjere dei sakene dei får til behandling, forsvarleg og til rett tid.
Mål for saksbehandlingstid
Måla for gjennomsnittleg saksbehandlingstid i dei alminnelege domstolane, dvs. i tingrettane og lagmannsrettane, gjeld for både straffesaker og sivile saker (tvistesaker) og blir vedtekne årleg gjennom Stortinget si behandling av Prop. 1 S. Måla gjeld for domstolane samla og for kvar enkelt domstol. Domstolane må dessutan oppfylle enkelte lovbestemte fristar.
Boks 2.1 viser kva sakstypar Stortinget har sett mål for saksbehandlingstida for.
Boks 2.1 Sakstypar der Stortinget har sett mål for domstolane
Tingrettane
Sivile saker:
Tvistesaker: rettsleg (sivil) tvist som normalt blir behandla etter reglane i tvistelova
Straffesaker:
Meddomsrettssaker: ordinære straffesaker der både skuld og straff skal avgjerast. Retten blir sett med éin fagdommar og to meddommarar.
Einedommarsaker: straffesaker der avgjerdene (inkludert avgjerder som er tekne under etterforskinga) blir tekne av éin dommar
Lagmannsrettane
Sivile saker:
Anke over dom i tvistesak: ein sivil dom som blir anka
Straffesaker:
Meddomsrettssaker – bevisanke: straffesaker ved anke over skuldspørsmålet. Retten blir sett med to fagdommarar og fem meddommarar.
Meddomsrettssaker – avgrensa anke: straffesaker ved anke over straffutmålinga i saker med strafferamme på over seks år. Retten blir sett med to fagdommarar og fem meddommarar.
Fagdommarsaker: straffesaker ved anke over straffeutmålinga i saker med strafferamme på inntil seks år pluss straffesaker ved anke over lovbruk eller saksbehandling (uansett strafferamme). Retten blir sett med tre fagdommarar.
Jordskifterettane
Rettsfastsetjande saker:
Klarlegging av omtvista eigedoms- og bruksrettsforhold: grensefastsetjing og rettsutgreiing
Rettsendrande saker:
Omforming av eigedoms- og bruksrettsforhold til meir tenlege eigedommar
Riksrevisjonen har undersøkt saksbehandlingstid og effektivitet i tingrettane og lagmannsrettane, jf. Dokument 3:3 (2019–2020). Riksrevisjonen peika på fleire kritikkverdige forhold, bl.a. at det er svært alvorleg at ikkje fleire domstolar når måla Stortinget har sett for saksbehandlingstid i straffesaker. Departementet og Domstoladministrasjonen har iverksett ei rekkje tiltak for å auke effektiviteten og betre måloppnåinga. Riksrevisjonen peikar i oppfølginga si på at saksbehandlingstida er redusert i mange sakstypar, men at det framleis er tingrettar og lagmannsrettar som ikkje oppfyller Stortingets krav til saksbehandlingstid, jf. Dokument 3:1 (2023–2024). Riksrevisjonen konkluderer med at dei vil følgje saka vidare.
Straffesaker i tingrettane og lagmannsrettane
Tingrettane behandla 55 800 einedommarsaker i 2023. Dei fleste sakene er avgjerder som er tekne under etterforskinga, medan ein mindre del er varetektsfengslingar, førarkortbeslag og tilståingssaker. Alle tingrettane nådde måla til Stortinget for gjennomsnittleg saksbehandlingstid for einedommarsaker i 2023. Den gjennomsnittlege saksbehandlingstida var 0,3 md.
I 2023 kom det inn om lag 14 500 meddommarsaker til tingrettane. Tingrettane behandla om lag 13 900 saker. Ved utgangen av 2023 var det registrert om lag 3 600 restansar, ein auke på 18 pst. frå året før. Den gjennomsnittlege saksbehandlingstida på nasjonalt nivå var på 2,7 md. i 2023, på nivå med året før. Til samanlikning var saksbehandlingstida 3,2 md. i 2020 og 2,8 md. i 2021. Av totalt 23 tingrettar hadde 6 domstolar ei gjennomsnittleg saksbehandlingstid på meir enn 3 md. i 2023, mot 7 domstolar i 2022.
Straffesaker som kjem til lagmannsrettane, blir først vurderte i ankeutvala. Kvar lagmannsrett har eit eige ankeutval. Ikkje alle ankar blir viste til ordinær ankebehandling. Viss anken ikkje blir vist til ordinær ankebehandling, vil tingrettsavgjerda vere den endelege avgjerda i saka.
I 2023 fekk lagmannsrettane inn nær 2 600 straffeankar til ankeprøving. Delen saker som vart viste til behandling, var på 38 pst. Tilsvarande del i 2022 var 40 pst. I 2023 behandla lagmannsrettane om lag like mange saker som det kom inn. Dette gjeld for alle fire straffesakstypane, og restansane av saker til behandling var dermed nesten uendra gjennom 2023.
Tabell 2.2 Mål for gjennomsnittleg saksbehandlingstid i dei alminnelege domstolane
Sakstype | Mål i månader | ||
---|---|---|---|
Tingrettane | Lagmannsrettane | ||
sivile saker (tvistesaker) | 6 | 6 | |
straffesaker (meddomsrettssaker) | 3 | 3 | |
straffesaker (einedommarsaker) | 1 | – |
Den gjennomsnittlege saksbehandlingstida for straffesaker som vart realitetsbehandla i lagmannsrettane i 2023, gjekk ned for alle sakstypar. Ingen av lagmannsrettane nådde målet til Stortinget om ei gjennomsnittleg saksbehandlingstid for straffesaker på 3 md. eller mindre i 2023. Dette gjeld for alle straffesakstypane.
Måla til Stortinget for saksbehandlingstid har ikkje vore endra sidan 1990. Sidan målet først vart fastsett, har lagmannsrettane aldri hatt ein gjennomsnittleg saksbehandlingstid i straffesaker på mindre enn tre md. Lagmannsrettane har derfor aldri overhalde Stortingets mål om ei gjennomsnittleg saksbehandlingstid på mindre enn tre md. Domstoladministrasjonen ønskjer at målet for gjennomsnittleg saksbehandlingstid for lagmannsrettane blir auka frå 3 til 5 md. Domstoladministrasjonens forslag er til vurdering i departementet.
Tabell 2.3 Gjennomsnittleg saksbehandlingstid i straffesaker, meddomsrettssaker (i månader)
2019 | 2020 | 2021 | 2022 | 2023 | ||
---|---|---|---|---|---|---|
Tingrettar | Strafferamme 6 år eller meir | 4,1 | 4,4 | 4,1 | 4,1 | 4,1 |
Strafferamme under 6 år | 2,9 | 3,1 | 2,7 | 2,6 | 2,6 | |
Lagmannsrettar | Fagdommarsaker | 4,8 | 5,3 | 4,5 | 4,4 | 4,2 |
Avgrensa ankar | 4,7 | 5,4 | 5,9 | 4,6 | 4,1 | |
Bevisankar, strafferamme under 6 år | 7,1 | 7,7 | 6,4 | 5,8 | 5,5 | |
Bevisankar, strafferamme 6 år eller meir | 6,5 | 7,6 | 7,3 | 6,2 | 5,8 |
Kjelde: Lovisa
I tillegg til at Stortinget har fastsett mål for gjennomsnittleg saksbehandlingstid, har straffeprosesslova § 275 fristar for saksbehandlinga i straffesaker. I saker der den sikta var under 18 år på handlingstidspunktet eller er varetektsfengsla når det blir fastsett tid og stad for behandling av saka, gjeld særskild frist for når hovudforhandlinga skal starte opp. Fristane er ikkje absolutte. I mange tilfelle kan det vere relevante årsaker til at fristane blir overskridne. I tingrettane vart tidspunktet for hovudforhandlinga fastsett etter fristen i 13 pst. av meddomsrettssakene i 2023. Tingrettane sette i gang hovudforhandlinga etter fristen i 40 pst. av sakene der den sikta var i varetekt i 2023. I saker der den sikta var under 18 år, vart hovudforhandlinga sett i gang etter fristen i 40 pst. av sakene. I lagmannsrettane vart tidspunktet for ankeforhandlinga fastsett etter fristen i 32 pst. av straffeankane. I saker der den sikta var i varetekt, vart ankeforhandlinga sett i gang etter fristen i 68 pst. av sakene i 2023. I saker der den sikta var under 18 år, vart ankeforhandlinga sett i gang etter fristen i 58 pst. av sakene.
Tvistesaker i tingrettane og lagmannsrettane
I 2023 kom det inn rundt 12 500 tvistesaker til tingrettane, nokre fleire saker enn året før. Talet på avslutta saker var omtrent på nivå med talet på saker som kom inn. Ved utgangen av 2023 var det nesten 6 300 tvistesaker i restanse i tingrettane. Det er ein auke på omtrent 4 pst. i forhold til 2022. Den gjennomsnittlege saksbehandlingstida for tvistesaker var samla sett på 5,3 md. Seks tingrettar nådde ikkje målet til Stortinget om ei gjennomsnittleg saksbehandlingstid på under 6 md. I 2023 kom det inn om lag 1 700 sivile ankar over dom til lagmannsrettane. Lagmannsrettane behandla om lag like mange saker. Talet på restansar var omtrent uendra frå 2022 til 2023. Ved utgangen av 2023 var det omtrent 660 restansar. Samla for alle lagmannsrettane var den gjennomsnittlege saksbehandlingstida i 2023 på 4,6 md. Alle lagmannsrettane nådde måla til Stortinget for saksbehandlingstid i sivile ankesaker.
Tabell 2.4 Gjennomsnittleg saksbehandlingstid i tvistesaker (i månader)
2019 | 2020 | 2021 | 2022 | 2023 | ||
---|---|---|---|---|---|---|
Tingrettar | Alle tvistesaker | 5,5 | 5,6 | 5,6 | 5,6 | 5,3 |
Alminnelege tvistesaker | 6,0 | 6,2 | 6,0 | 5,7 | 5,6 | |
Arbeidsrett | 4,5 | 4,5 | 4,5 | 4,7 | 4,1 | |
Overprøving ved tvangsvedtak | 3,9 | 4,2 | 3,9 | 3,5 | 3,5 | |
Saker etter barnelova | 8,3 | 8,5 | 8,7 | 8,9 | 8,1 | |
Lagmannsrettar | Alle anker over dom i sivil sak | 7,1 | 6,8 | 6,8 | 5,6 | 4,6 |
Anke over dom | 8,2 | 7,8 | 7,8 | 6,4 | 5,3 | |
Ankesaker småkrav | 3,2 | 3,0 | 2,7 | 2,3 | 2,2 | |
Saker etter barnevernlova | 2,3 | 4,1 | 3,7 | 3,0 | 2,3 |
Kjelde: Lovisa
Som tabellen ovanfor viser, er det relativt store og vedvarande skilnader i gjennomsnittleg saksbehandlingstid mellom ulike typar tvistesaker. Saksbehandlingstida i tingrettane for barnelovsaker er særleg lang. Det er fordi partane kan inngå ein mellombels avtale om samvær med barnet eller barna. Saksbehandlingstida i barnelovsaker er derfor ikkje nødvendigvis eit godt mål på kor lang tid domstolane bruker på å behandle saka. Viss ein ser bort frå saker etter barnelova, var den gjennomsnittlege saksbehandlingstida i tvistesaker i tingrettane i 2023 om lag 4,5 md.
Både talet på rettsmeklingsmøte og talet på saker som er forlikte som resultat av rettsmekling, har auka dei siste sju åra. I tingrettane vart det halde rettsmeklingsmøte i 1 945 tvistesaker i 2023. Av dei mekla sakene enda 1 501 med forlik etter rettsmekling. I lagmannsrettane vart 197 saker rettsmekla. Det vart inngått rettsforlik etter rettsmekling i 140 av dei mekla sakene.
Saksavvikling og saksbehandlingstid i jordskifterettane
I 2023 fekk jordskifterettane inn om lag 1 160 saker, om lag like mange som året før. Jordskifterettane avslutta om lag 1 300 saker. Det er ein nedgang på 7 pst. samanlikna med året før. Talet på restansar vart redusert med 9 pst. frå 2022 til 2023.
Tabell 2.5 Gjennomsnittleg saksbehandlingstid i jordskifterettane (i månader)
2021 | 2022 | 2023 | ||
---|---|---|---|---|
Rettsfastsetjande saker | Domstol med kortast saksbehandlingstid | 7,0 | 7,8 | 7,0 |
Domstol med lengst saksbehandlingstid | 30,3 | 35,8 | 37,8 | |
Gjennomsnitt alle domstolar | 15,2 | 15,4 | 15,5 | |
Rettsendrande saker | Domstol med kortast saksbehandlingstid | 9,0 | 10,0 | 13,9 |
Domstol med lengst saksbehandlingstid | 46,7 | 48,0 | 60,4 | |
Gjennomsnitt alle domstolar | 18,4 | 18,9 | 21,5 |
Kjelde: Lovisa
Den gjennomsnittlege saksbehandlingstida for avslutta saker var samla sett 17,3 md. i 2023. For rettsfastsetjande saker var saksbehandlingstida 15,5 md., medan ho var 21,5 md. for rettsendrande saker. Det er store skilnader i gjennomsnittleg saksbehandlingstid mellom dei enkelte jordskifterettane. Den lange saksbehandlingstida kan gjere jordskifterettane mindre relevante og attraktive som problemløysarar. Stortinget har fastsett eit mål om gjennomsnittleg saksbehandlingstid på 9 md. for rettsfastsetjande saker og 15 md. for rettsendrande saker frå og med 2024.
Tabell 2.6 Mål for gjennomsnittleg saksbehandlingstid i jordskifterettane
Sakstype | Mål i månader Jordskifterettane |
---|---|
Rettsfastsetjande saker | 9 |
Rettsendrande saker | 15 |
Digitalisering av domstolane
Domstolane står overfor nye, hyppigare og meir alvorlege tryggleiksutfordringar knytte til risiko for nedetid i kjernesystema til domstolane, tryggleiksavvik og personavvik. For å leggje til rette for forsvarleg drift er det nødvendig å sørge for vidare digitalisering og modernisering av teknologi og infrastruktur i domstolane. Det blir foreslått å auke løyvinga til domstolane med 50 mill. kroner i 2025 for å sikre stabil og sikker drift av IT-systema i domstolane, jf. vedtak fatta ved behandlinga av revidert nasjonalbudsjett 2024, jf. Prop. 104 S (2023–2024) og Innst. 447 S (2023–2024).
Fleire digitaliseringsprosjekt er sette i gang i domstolane; Digitale domstolar II, utprøvingsprosjektet Opptak i retten (lyd- og biletopptak i retten), Elektronisk samhandling mellom aktørane i straffesakskjeda (ESAS) og Oppgjer etter dødsfall. Prosjektet Digitale domstolar vart sett i gong i 2017 og strekte seg til 2022. Prosjektet har gjort det mogleg å halde papirlause rettsmøte og lagt til rette for digital samhandling mellom domstolane og advokatar. Totalt er det no mogleg å nytte videokonferanse i ca. 85 pst. av alle rettssalane, og ca. 40 pst. av alle rettssalane er rekna som heildigitale. Alle domstolane har no gode moglegheiter for å gjennomføre videomøte mellom rettsstadene.
Domstolane og advokatar kan utveksle dokument og saksinformasjon digitalt gjennom Aktørportalen. Løysinga er no opna for fleire sakstypar, og salærbehandling for både tviste- og straffesaker blir òg gjort i portalen. Meddommarar i tingrettane og lagmannsrettane kan òg bruke portalen gjennom ei særleg tilpassa løysing. Det same gjeld for sjølvprosederande partar i saker for jordskifterettane. Sjølvprosederande partar i jordskifterettane kan no både sjå og sende inn informasjon og dokument i saka. Jordskifteretten nyttar portalen til forkynning overfor partar og sjølvprosederande partar. Domstolane, Domstolkommisjonen og Riksrevisjonen har peika på behovet for ei betre støtte til å fastsetje tid og stad for behandling av saker i domstolane, og det er utvikla ein heilt ny funksjonalitet for dette i LOVISA, saksbehandlingsplattforma til domstolane. Alle domstolane har no moglegheit til å nytte løysinga.
Digitale domstolar II er ei utviding av det opphavlege prosjektet, som omfattar alle domstolar og rettsstader, inklusiv jordskifterettane. Prosjektet strekkjer seg over fire år (2021–2024). I denne perioden er det investert i meir teknisk utstyr og produktutvikling. Ein sentral del av prosjektet er å betre den digitale grunnsikringa i samhøve med den nasjonale strategien for digital tryggleik. Det er særleg viktig å ta omsyn til informasjonstryggleik og personvern i arbeidet med å digitalisere domstolane. Domstoladministrasjonen arbeider vidare med digitalisering for å utvikle nye framtidsretta tenester og nødvendig moderniseringsarbeid.
Prosjektet Elektronisk samhandling mellom aktørane i straffesakskjeda (ESAS) er eit av satsingsområda for å effektivisere straffesakskjeda, ved å vidareutvikle automatisering og digitalisering av den elektroniske informasjonsutvekslinga mellom aktørane i straffesakskjeda. Prosjektet blir gjennomført over fleire år (2022–2025) i tett samarbeid mellom Domstoladministrasjonen, Kriminalomsorgsdirektoratet, Politidirektoratet og Den høgare påtalemakta. Fleire verksemder skal òg bli kopla på ei felles teknisk plattform som er utvikla, Justishub. Som følgje av høgare kostnader og noko seinare leveransar enn planlagt, er omfanget av prosjektet redusert. Tiltaket vil bidra til ei sikrare og meir effektiv straffesakskjede og auka rettstryggleik.
Domstoladministrasjonen hadde frå 2016 eit prøveprosjekt med lyd- og biletopptak av rettsforhandlingar i utvalde domstolar. Departementet fekk ein sluttrapport frå prosjektet i 2023. Prosjektet har gitt verdifull erfaring om korleis det tekniske utstyret fungerer i praksis, og kva regelverksendringar som må bli gjennomførte for at gevinstane ved å gjere opptak av rettsforhandlingar skal bli så store som mogleg.
I 2024 har Domstoladministrasjonen sett i gang eit nytt prosjekt, som byggjer vidare på tidlegare utprøving av opptak frå rettsmøte. Målet med prosjektet er å finne fram til den best eigna tekniske løysinga for opptak, i tillegg til å vurdere strøyming, lagring, deling og gjenbruk av opptaka. Arbeidsgruppa vil i løpet av 2024 også vurdere behovet for å ev. fremme forslag til regelverksendringar. Innan utgangen av 2025 skal den tekniske løysinga gradvis rullast ut i domstolane. Løyvinga til domstolane vart i 2024 auka med 15 mill. kroner for å leggje til rette for lyd- og biletopptak i domstolane. Det blir foreslått å auke løyvinga til domstolane med ytterlegare 6,5 mill. kroner i 2025 for å leggje til rette for lyd- og biletopptak i éin rettssal på dei rettsstadene som manglar tilstrekkeleg utstyr for å vere klargjorde for opptak. Løyvinga skal leggje til rette for at ein frå hausten 2025 kan starte utrullinga av opptaksløysinga ved alle rettsstader. Tiltaket vil bidra til å auke rettstryggleiken ved at det blir enklare å ettergå forklaringar som er gitt i tingretten.
Prosjektet Oppgjer etter dødsfall er eitt av fleire tiltak i livshendinga Dødsfall og arv, som er ei av sju livshendingar i digitaliseringsstrategien for offentleg sektor 2019–2025. Prosjektet er eit tverrsektorielt prosjekt som er forankra i Digitaliseringsdirektoratet, og som skal resultere i samanhengande tenester for brukarane. For domstolane betyr arbeidet at store delar av skifteprosessen på sikt blir digitalisert. Det har over tid gått for seg eit omfattande utviklings- og regelverksarbeid. Ein første versjon av Altinn dødsbu vil bli lansert vinteren 2024. Samstundes med utviklinga av Altinn dødsbu og integrasjonen med LOVISA-plattforma blir saksbehandlingsløysinga til domstolane utvikla og modernisert for å nytte og forbetre dei interne prosessane som følgje av den nye løysinga. Altinn dødsbu og domstolanes eigen systemstøtte vil vidareutviklast i 2025 for å auke bruken og verdien av løysinga.
Domstollokale
Domstoladministrasjonen forvaltar om lag 100 leigeobjekt med i overkant av 400 rettssalar. Fleire domstolar har lokale som ikkje er formålstenlege. Dette påverkar både brukarar og tilsette, og med det saksavviklinga i domstolane. Regjeringa meiner at det er viktig å ha tilgjengelege og funksjonelle rettslokale der folk bur. I dei neste åra er det behov for å inngå fleire nye avtalar for at rettslokala framleis skal kunne vere der dei er i dag. I 2023 og 2024 flytta domstolane inn i nye lokale i Egersund, Drammen, Bodø, Halden, Mysen, Volda, Brønnøysund og Finnsnes. Det blir foreslått å auke løyvinga til domstolane med 19,5 mill. kroner for å oppgradere domstollokale på rettsstadene Sortland, Sandnessjøen, Vågåmo, Leirvik, Kviteseid, Fredrikstad, Lillestrøm og Hardanger, jf. Prop. 104 S (2023–2024) og Innst. 447 S (2023–2024).
Rehabilitering av Bergen tinghus
Stortinget vedtok startløyving i 2024 på totalt 137,3 mill. kroner til rehabilitering av Bergen tinghus, derav 100 mill. kroner under kap. 2445 Statsbygg og 37,3 mill. kroner under kap. 410, post 01. Det er inngått avtale om leige av tilleggslokale i nabobygget og om leige av mellombelse lokale, som tingretten flytta inn i våren 2024. Tinghuset skal etter planen vere klart til innflytting i 2027. Det blir samla foreslått å løyve 30,5 mill. kroner til brukarutstyr og mellombelse lokale i 2025 under kap. 410, post 01.
Stortinget vedtok i 2024 ei kostnadsramme for rehabilitering av tinghuset på 1 180 mill. kroner (2024-kroner). Ved ein inkurie var ikkje kunstnarisk utsmykking inkludert i kostnadsramma. Det blir derfor foreslått å auke kostnadsramma med 11,1 mill. kroner, slik at ny kostnadsramme blir 1 271,5 mill. kroner (pr. 1.7.2025-kroner), jf. forslag til vedtak. Sjå òg omtale i Prop. 1 S (2024–2025) for Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet.
Nytt tinghus i Tønsberg
Vestfold tingrett vart oppretta 1. januar 2019, gjennom samanslåing av tingrettane Larvik, Nordre Vestfold (Horten), Sandefjord og Tønsberg. Vestfold tingrett vil bli samlokalisert i nytt tinghus i Tønsberg saman med Vestfold jordskifterett og Agder lagmannsrett. Det er sett i gang eit brukarfinansiert statleg byggjeprosjekt med planlagt innflytting i 2025.
Post 01 Driftsutgifter, kan nyttes under kap. 61, post 01 og kap. 411, post 01
Løyvinga dekker alle ordinære driftsutgifter i domstolane (ikkje forliksråda), medrekna faste og variable lønnsutgifter og lønnsutgifter til tilkalla og ekstraordinære dommarar i tingrettane, jordskifterettane og lagmannsrettane. Løyvinga dekker vidare alle ordinære driftsutgifter og investeringar knytte til dei enkelte domstolane og utgifter til Finnmarkskommisjonen og Utmarksdomstolen for Finnmark.
Per 31. desember 2023 utgjorde bemanninga ved tingrettane 512 dømmande årsverk og 637 andre årsverk. Bemanninga ved lagmannsrettane utgjorde 175 dommarårsverk og 118 andre årsverk. Bemanninga ved jordskifterettane utgjorde 94 dommarårsverk og 138 andre årsverk per 31. desember 2023.
Det blir foreslått å auke løyvinga med 19,5 mill. kroner for å inngå nye leigekontraktar og gjennomføre oppgraderingar for å sørge for tilfredsstillande standard og trygge rettslokale i heile landet, jf. Prop. 104 S (2023–2024) og Innst. 447 S (2023–2024).
Det blir foreslått å auke løyvinga til domstolane med 10,8 mill. kroner for å sikre minimum to embetsdommarar på kvar rettsstad, jf. Prop. 104 S (2023–2024) og Innst. 447 S (2023–2024).
Det blir foreslått å auke løyvinga til domstolane med 50,3 mill. kroner til oppretting av fem nye tingrettar, jf. Prop. 104 S (2023–2024) og Innst. 447 S (2023–2024).
Det blir foreslått å auke løyvinga med 6,5 mill. kroner til å leggje til rette for lyd- og biletopptak på alle rettsstadene, jf. Prop. 104 S (2023–2024) og Innst. 447 S (2023–2024).
Det blir foreslått å auke løyvinga med 50,0 mill. kroner for å sikre stabil og sikker drift av IT-systema i domstolane, jf. Prop. 104 S (2023–2024) og Innst. 447 S (2023–2024).
Det blir foreslått å redusere løyvinga til digitaliseringsprosjektet Elektronisk samhandling i straffesakskjeda (ESAS) med 30,2 mill. kroner i 2025. 14,2 mill. kroner av løyvinga frå 2024 blir vidareført.
Det blir foreslått å auke løyvinga med 11,1 mill. kroner til styrking av Oslo tingrett og Borgarting lagmannsrett i samband med etablering av hurtigspor for behandling av straffesaker i Oslo der gjerningspersonen er under 18 år. Forslaget har ein heilårseffekt på 9 mill. kroner frå 2026. Sjå òg omtale under programkategori 06.30.
Det blir foreslått å auke løyvinga med 3,0 mill. kroner som følgje av at midlane til nytt nettverk i Høgsteretts hus vart gitt for eitt år, mot tilsvarande reduksjon på kap. 61, post 01.
Det blir i samband med rehabilitering av Bergen tinghus foreslått å redusere løyvinga til brukarutstyr og leige av mellombels lokale med 6,8 mill. kroner i 2025.
Det blir foreslått at Justis- og beredskapsdepartementet i 2025 under kap. 410, post 01 kan pådra staten forpliktingar utover budsjettåret for å skaffe brukarutstyr til rehabiliteringa av Bergen tinghus. Samla forpliktingar og utbetalingar kan ikkje overskride kostnadsramma for brukarutstyr på 201,8 mill. kroner, jf. forslag til vedtak.
Det blir foreslått at Justis- og beredskapsdepartementet i 2025 får fullmakt til å overskride løyvinga over kap. 410, post 01, mot tilsvarande meirinntekter over kap. 3410, post 02 og 03, jf. forslag til vedtak.
Det blir foreslått ei løyving på posten på 3 312 mill. kroner.
Post 21 Spesielle driftsutgifter
Løyvinga på posten dekker utgifter som etter rettsgebyrlova er inkluderte i rettsgebyret, jf. kap. 3410, t.d. kunngjeringsutgifter, nødvendige utgifter ved tvangsforretningar, registrering m.m. under offentleg bubehandling og forkynning som er nødvendig etter lova. I enkelte saker blir utgifter til meddommarar, vitne og rettsvitne m.m. dekte. Løyvinga dekker òg arbeidsgivaravgift av godtgjersle til meddommarar og tolkar i sivile saker der partane sjølv dekker godtgjersla.
Det blir foreslått ei løyving på posten på 109,4 mill. kroner.
Post 22 Vernesaker/sideutgifter, jordskiftedomstoler, kan overføres
Jordskiftedomstolane har heimel til å krevje inn sideutgifter i visse saker. Sideutgiftene skal dekke det tekniske arbeidet i desse sakene. Utgiftene skal førast i eigne saksrekneskapar.
Det blir foreslått at Justis- og beredskapsdepartementet i 2025 får fullmakt til å overskride løyvinga over kap. 410, post 22, mot tilsvarande meirinntekter over kap. 3410, post 04, jf. forslag til vedtak.
Det blir foreslått fullmakt til postering mot mellomverande med statskassa, jf. forslag til vedtak.
Det blir foreslått ei løyving på posten på 2,5 mill. kroner.
Kap. 3410 Domstolene
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2023 | Saldert budsjett 2024 | Forslag 2025 |
01 | Rettsgebyr | 219 353 | 263 490 | 217 170 |
02 | Saks- og gebyrinntekter jordskiftedomstolene | 25 072 | 21 768 | 22 903 |
03 | Diverse refusjoner | 16 024 | 1 837 | 1 907 |
04 | Vernesaker jordskiftedomstolene | 2 268 | 3 000 | 2 502 |
Sum kap. 3410 | 262 717 | 290 095 | 244 482 |
Post 01 Rettsgebyr
Rettsgebyr (R) er eit grunngebyr som dannar utgangspunkt for utrekning av betaling for tenester i offentleg verksemd. Gebyret som blir betalt, er sett saman av grunngebyret R og ein multiplikator.
Det blir foreslått å auke rettsgebyret frå 1 277 kroner til 1 314 kroner med verknad frå 1. januar 2025.
Løyvinga på posten dekker inntekter frå gebyrpliktige oppgåver i domstolane i samband med tvistesaker, skjønn, skifte, konkurs, tvangsforretningar m.m.
Det blir foreslått ei løyving på posten på 217,2 mill. kroner.
Post 02 Saks- og gebyrinntekter jordskiftedomstolene
Løyvinga på posten omfattar inntekter ved at partane i saka betaler gebyr.
Det blir foreslått at Justis- og beredskapsdepartementet i 2025 får fullmakt til å overskride løyvinga over kap. 410, post 01, mot tilsvarande meirinntekter over kap. 3410, post 02, jf. forslag til vedtak.
Det blir foreslått ei løyving på posten på 22,9 mill. kroner.
Post 03 Diverse refusjoner
Posten dekker refusjonar som blir brutto inntektsførte ved domstolane i første instans og lagmannsrettane, bl.a. refusjonar etter avrekning av energiutgifter m.m.
Det blir foreslått at Justis- og beredskapsdepartementet i 2025 får fullmakt til å overskride løyvinga over kap. 410, post 01, tilsvarande meirinntekter over kap. 3410, post 03, jf. forslag til vedtak.
Det blir foreslått ei løyving på posten på 1,9 mill. kroner.
Post 04 Vernesaker jordskiftedomstolene
Løyvinga på posten samsvarer med tilsvarande utgifter over kap. 410, post 22.
Det blir foreslått at Justis- og beredskapsdepartementet i 2025 får fullmakt til å overskride løyvinga over kap. 410, post 22, mot tilsvarande meirinntekter over kap. 3410, post 04, jf. forslag til vedtak.
Det blir foreslått fullmakt til postering mot mellomverande med statskassa, jf. forslag til vedtak.
Det blir foreslått ei løyving på posten på 2,5 mill. kroner.
Kap. 411 Domstoladministrasjonen
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2023 | Saldert budsjett 2024 | Forslag 2025 |
01 | Driftsutgifter, kan nyttast under kap. 61, post 01 og kap. 410, post 01 | 86 210 | 89 894 | 91 842 |
Sum kap. 411 | 86 210 | 89 894 | 91 842 |
Domstoladministrasjonen har det administrative ansvaret for dei alminnelege domstolane (ikkje forliksråda), jordskiftedomstolane, Finnmarkskommisjonen, Utmarksdomstolen for Finnmark, Tilsynsutvalet for dommarar og Innstillingsrådet for dommarar.
Post 01 Driftsutgifter, kan nyttes under kap. 410, post 01, og kap. 61, post 01
Løyvinga dekker alle ordinære driftsutgifter ved Domstoladministrasjonen og til Tilsynsutvalet for dommarar og Innstillingsrådet for dommarar. Bemanninga utgjorde 165 årsverk per 31. desember 2023.
Det blir foreslått at Justis- og beredskapsdepartementet i 2025 får fullmakt til å overskride løyvinga på kap. 411, post 01, mot tilsvarande meirinntekter på kap. 3411, post 03, jf. forslag til vedtak. Det blir foreslått ei løyving på posten på 91,8 mill. kroner.
Kap. 3411 Domstoladministrasjonen
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2023 | Saldert budsjett 2024 | Forslag 2025 |
03 | Diverse refusjoner | 547 | 313 | 325 |
Sum kap. 3411 | 547 | 313 | 325 |
Post 03 Diverse refusjoner
Posten dekker refusjonar som blir brutto inntektsførte ved Domstoladministrasjonen, bl.a. kantineinntekter til Domstoladministrasjonen m.m. På posten blir det òg ført inntekter frå oppdrag Domstoladministrasjonen ev. utfører for andre. Det blir foreslått at Justis- og beredskapsdepartementet i 2025 får fullmakt til å overskride løyvinga over kap. 411, post 01, tilsvarande meirinntekter over kap. 3411, post 03, jf. forslag til vedtak.
Det blir foreslått ei løyving på posten på 325 000 kroner.
Kap. 414 Forliksråd og andre domsutgifter
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2023 | Saldert budsjett 2024 | Forslag 2025 |
01 | Driftsutgifter | 323 890 | 352 425 | 372 032 |
21 | Spesielle driftsutgifter | 39 021 | 44 461 | 47 321 |
Sum kap. 414 | 362 911 | 396 886 | 419 353 |
Forliksråda er det lågaste leddet i rettssystemet for sivile saker og er ein meklingsinstitusjon med avgrensa makt til å fastsetje dom. Hovudoppgåva til forliksrådet er å leggje til rette for at partane ved mekling eller dom får løyst saka enkelt, hurtig og rimeleg. Alle kommunar har forliksråd. Forliksrådet består av tre lekfolk og like mange varamedlemmer, som blir valde blant innbyggjarane i kommunen for fire år om gongen.
Forliksråda tok imot om lag 43 000 saker i 2023 og behandla om lag 45 500 saker. Talet på mottekne saker var 16 pst. lågare enn i 2022, medan talet på behandla saker gjekk ned med nærmare 22 pst. Årsaka til dette er samansett, bl.a. har digitaliseringa ført til meir kontakt med partane. Forliksråda får fleire tilsvar, som igjen bidrar til færre fråværsdommar. Møter med partane krev også meir arbeid enn ein fråværsdom. Gjennomsnittleg saksbehandlingstid for behandlinga av forliksklagar var 95 dagar i 2023. Til samanlikning var saksbehandlingstida 122 dagar i 2022.
Det blir foreslått å auke taket på erstatning for tapt arbeidsinntekt for forliksrådsmedlemmer frå 775 kroner per dag til 805 kroner per dag.
Stortinget har vedteke å be regjeringa greie ut forliksrådsordninga med sikte på å styrke og forbetre ho (oppmodingsvedtak nr. 445, 5. januar 2023). Departementet har sett i gang eit forskings- og utgreiingsoppdrag for å betre kunnskapsgrunnlaget om forliksråda. Politidirektoratet har frist for å levere rapport utarbeidd av Politihøgskolen til departementet i løpet av oktober 2024.
Departementet vil òg sjå nærmare på innretninga på opplæringa av forliksrådsmedlemmene. Statens sivilrettsforvaltning (SRF) fekk i november 2023 i oppdrag å utarbeide eit nytt system for opplæring av forliksrådsmedlemmer frå og med 2024, og skal i tillegg vurdere om ein bør tilby digitale e-læringskurs. SRF har prioritert arbeidet med grunnopplæring for nye forliksrådsmedlemmer, slik at dei kan få tilgang til opplæringsmateriale før dei tiltrer 1. januar 2025. Dei nye forliksråda er for perioden 2025–2028.
Som ein kan sjå av figuren under har det dei seinaste åra vore ein nedgang i talet på mottekne forliksklagar, noko som antakeleg kjem av åtgangen til å fremme uimotsagde krav direkte for namsmannen. Det var til samanlikning ein auke på 11 pst. i desse sakene. I 2023 er det avslutta ca. 2 500 fleire forlikssaker enn det som har komme inn, slik at restansane vart reduserte i 2023. Dette gjeld i hovudsak for forliksråda i Oslo og Nordland, som handterer flyklagesaker. Desse forliksråda er også dei einaste som ligg over måltalet for saksbehandlingstid på 90 dagar. Dei andre forliksråda ligg under måltalet. Den digitale utviklinga bidrar til at talet på rådsmøte i stor grad blir oppretthalde, som igjen bidrar til færre fråværsdommar. Sjå òg omtale under programkategori 06.40.
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga på posten dekker godtgjersle og tapt arbeidsforteneste til meddommarar, enkelte sakkunnige, vitne, rettsvitne m.m. og reiseutgiftene deira. Vidare dekker løyvinga utgifter til tolkar i sivile saker der partane har krav på tolk. Løyvinga på posten dekker òg utgifter til vitne som møter hos eller på annan måte gir forklaring til kommisjonen for gjenopptaking av straffesaker, og utgifter til nødvendige blodprøver og DNA-testar i arbeidet til kommisjonen.
Det blir foreslått ei løyving på posten på 372,0 mill. kroner.
Post 21 Spesielle driftsutgifter
Posten dekker utgifter til godtgjersle og køyregodtgjersle til medlemmer av forliksråda og utgifter til nødvendige kompetansehevande tiltak.
Det blir foreslått ei løyving på posten på 47,3 mill. kroner.
Programkategori 06.30 Straffegjennomføring og konfliktråd
Utgifter under programkategori 06.30 fordelte på postgrupper
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Post-gr. | Nemning | Rekneskap 2023 | Saldert budsjett 2024 | Forslag 2025 | Endring i pst. |
01–29 | Statens eigne driftsutgifter | 6 027 574 | 6 239 017 | 6 594 754 | 5,7 |
30–49 | Nybygg, anlegg o.a. | 40 452 | 82 551 | 111 952 | 35,6 |
50–89 | Overføringar til andre | 186 908 | 214 866 | 243 475 | 13,3 |
Sum kategori 06.30 | 6 254 934 | 6 536 434 | 6 950 181 | 6,3 |
Utgifter under programkategori 06.30 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2023 | Saldert budsjett 2024 | Forslag 2025 | Endring i pst. |
430 | Kriminalomsorgen | 5 674 742 | 5 936 924 | 6 300 399 | 6,1 |
431 | Kriminalomsorgsdirektoratet | 159 196 | 161 980 | 176 520 | 9,0 |
432 | Kriminalomsorgens høgskole og utdanningssenter | 238 568 | 238 391 | 252 138 | 5,8 |
433 | Konfliktrådet | 182 428 | 199 139 | 221 124 | 11,0 |
Sum kategori 06.30 | 6 254 934 | 6 536 434 | 6 950 181 | 6,3 |
Innleiing
Programkategorien omfattar løyvinga til kriminalomsorga og konfliktrådet, i tillegg til Kriminalomsorgsdirektoratet (KDI) og Høgskolen og utdanningssenteret for kriminalomsorga KRUS. Det er særleg måla om låg kriminalitet, rettstryggleik og tryggleik i samfunnet som er sentrale for verksemdene i programkategorien.
Prioriteringar i 2025
Auke i løyvinga til kriminalomsorga
Kriminalomsorga har hatt ein krevjande økonomisk situasjon dei siste åra. Regjeringa foreslår ein auke i løyvinga til kriminalomsorga på 55 mill. kroner som skal gå til å oppretthalde aktivitetsnivået i kriminalomsorga og til utgreiingar av framtidig kapasitetsbehov.
Ei forsvarleg kriminalomsorg krev eigna bygg som støttar opp om formålet med straffa. Regjeringa meiner at det er viktig å erstatte eldre og ueigna fengselsbygg, blant anna for å leggje til rette for innhald for dei innsette og for å redusere isolasjon. Etter at Bredtveit fengsel og forvaringsanstalt vart mellombels stengd 1. mars 2024, er det behov for å finne erstatningskapasitet for fengselsplassar for kvinner på Austlandet. Deler av løyvinga, totalt 11 mill. kroner, blir foreslått brukt til forprosjektering av nytt kvinnefengsel i 2025. Regjeringa vil òg gå i gang med utgreiingar av nye fengsel i Ålesund- og Mosjøen-området og utgreiing av ei mogleg utviding av Vadsø fengsel.
For å sikre framdrift med nytt Oslo fengsel foreslår regjeringa ytterlegare 42 mill. kroner til forprosjektering av prosjektet. Sjå nærmare informasjon under kap. 430 Kriminalomsorgen, 431 Kriminalomsorgsdirektoratet og 432 Kriminalomsorgens høyskole og utdanningssenter KRUS.
Førebyggje barne-, og ungdomskriminalitet
Det har over tid vore ein auke i registrert kriminalitet blant barn og unge, særleg i gruppa under 15 år. Det er ei lita gruppe som gjer gjenteken og alvorleg kriminalitet, og som står for mykje av auken for aldersgruppa. Dei siste to åra har det òg vore ein markant auke i talet på innsetjingar av mindreårige i fengsel. Regjeringa foreslår totalt 405 mill. kroner til arbeidet mot barne- og ungdomskriminalitet. Tiltaka skal målrettast mot område og miljø i Noreg med kriminalitetsutfordringar over tid, og skal bl.a. bidra til å gjennomføre lovendringar og forbetre ungdomsreaksjonane ungdomsstraff og ungdomsoppfølging, etablere eit hurtigspor for behandling av straffesaker i Oslo der gjerningspersonen er under 18 år, utvida kapasitet for plassar for mindreårige i kriminalomsorga og gjennomføring av varetekt med elektronisk kontroll. Sjå nærmare omtale under kap. 400 Justis- og beredskapsdepartementet, kap. 410 Domstolene, kap. 430 Kriminalomsorgen, kap. 433 Konfliktrådet, kap. 440 Politiet og kap. 466 Særskilte straffesaksutgifter. Sjå òg omtale under Arbeids- og inkluderingsdepartementet, Barne- og familiedepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet og Kunnskapsdepartementet. Regjeringa har òg sett ned ei ekspertgruppe som skal finne nye tiltak for barn og unge som gjer gjenteken eller alvorleg kriminalitet. Ekspertgruppa skal bl.a. sjå på moglegheita for å etablere eit nytt bu- og rehabiliteringstilbod, men òg mindre inngripande tiltak skal vurderast. Arbeidet skal ferdigstillast innan 1. mars 2025.
Kap. 430 Kriminalomsorgen
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2023 | Saldert budsjett 2024 | Forslag 2025 |
01 | Driftsutgifter, kan nyttast under kap. 431, post 01 | 5 354 786 | 5 556 637 | 5 862 464 |
21 | Spesielle driftsutgifter, kan overførast, kan nyttast under kap. 430, post 01 | 131 288 | 120 631 | 125 215 |
45 | Større utstyrsanskaffelser og vedlikehold, kan overførast | 40 452 | 82 551 | 111 952 |
60 | Refusjoner til kommunene, forvaringsdømte mv., kan overførast | 106 871 | 133 720 | 166 000 |
70 | Tilskudd | 41 345 | 43 385 | 34 768 |
Sum kap. 430 | 5 674 742 | 5 936 924 | 6 300 399 |
Kriminalomsorga skal sjå til at dei som domstolane dømmer til straff, gjennomfører straffa, og dei skal stille varetektsplassar til disposisjon for politiet. Straffegjennomføringa skal skje på ein måte som er tryggjande for samfunnet, og skal motverke nye straffbare handlingar. Dette krev både rett kapasitet og eit godt innhaldsarbeid.
Kriminalomsorga sørger for gjennomføring av straff i og utanfor fengsel. Straff i samfunnet blir gjennomført av friomsorgskontora og gjeld straffegjennomføring med elektronisk kontroll, samfunnsstraff, bøteteneste, vilkårsdom med program mot ruspåverka køyring og narkotikaprogram med domstolskontroll (ND). Straffegjennomføring i institusjon eller på sjukehus (straffegjennomføringslova §§ 12 og 13) er aktuelt i dei tilfella der domfelte har behov for heildøgnsopphald utanfor fengsel.
Kapasitetsbehov i kriminalomsorga
Mengda med saker som kjem til kriminalomsorga, avheng av omfanget av kriminalitet i Noreg, aktivitetane og prioriteringane til politiet og påtalemakta, saksbehandlingstida i domstolane, talet på domfellingar og politiske avgjerder som kan endre rammene for straff og kva som skal straffast. Til dømes vil auka løyvingar til og meir aktivitet hos politiet mest sannsynleg føre til eit auka behov for plassar i kriminalomsorga. Figuren nedanfor viser utviklinga i talet på dommar som kjem til kriminalomsorga. Talet på dommar som blir gjennomførte i fengsel, har gått ned, medan talet på dommar som blir gjennomførte i samfunnet, har auka. Samstundes viser utviklinga at dei som sit i fengsla i dag, i snitt har lengre dommar enn tidlegare. Kapasitetsbehovet har dermed ikkje blitt mindre, og det er indikasjonar på at behovet vil auke i tiden framover. Særleg innanfor vinningslovbrot er det ein auke i etterforska lovbrot. Det er også ein tydeleg auke i etterforska lovbrott utført av barn og unge.
Samstundes er langt fleire av dei som sit i fengsel, dømde for alvorlege lovbrot som vald, mishandling og seksuallovbrot. Ein betydeleg og aukande del av dei innsette har psykiske lidingar. Ein ny studie frå Senter for rus- og avhengighetsforsking (SERAF) ved Universitetet i Oslo viser at talet på innsette med psykiatriske diagnosar har auka med 40 pst. frå 2010 til 2022. Utviklinga set òg høgare krav til bemanninga og kompetansen til dei tilsette, som skal gi eit godt og tilpassa tilbod til den enkelte. På same tid har krav til vurderingar og dokumentasjon og forsterka innsats mot isolasjon gjort at det samla omfanget av oppgåver og gjeremål for dei tilsette i kriminalomsorga har auka.
Arbeidsmiljøet i fengsla er òg under press, og talet på vald og trusselhendingar i fengsel har auka. I 2023 rapporterte kriminalomsorga om over 1 000 hendingar med vald eller truslar mot tilsette, samanlikna med 650 slike hendingar i 2022. Ei kartlegging av psykisk helse hos tilsette stadfester at situasjonane tilsette står overfor, fører til auka risiko for stress og utbrentheit, men også meir alvorlege psykiske reaksjonar som depresjon og PTSD.1
Tilsette i kriminalomsorga må vere skikka til å utøve makt på vegne av samfunnet for å vareta tryggleiken til innsette og tilsette. Dette er noko som må øvast på. Det har likevel vore tilfelle der tilsette i kriminalomsorga ikkje har fått skadar som har oppstått under pålagd organisert trening, anerkjende som yrkesskade. Stortinget har, på bakgrunn av forslag frå regjeringa, vedteke nye endringar i straffegjennomføringslova, som gir tilsette i kriminalomsorga rett til full erstatning for slike skadar. Sjå òg omtale i del I, oppmodingsvedtak nr. 843 (14. juni 2023).
Samstundes som belastninga på tilsette har auka, har bemanninga i kriminalomsorga blitt redusert med nesten 300 årsverk i perioden 2021–2024. Kriminalomsorga har òg utfordringar med å rekruttere nok fagutdanna. Mange i kriminalomsorga nærmar seg pensjonsalder, samstundes som mange unge, nyutdanna sluttar i jobben etter kort tid.
Regjeringa foreslår å auke løyvinga til kriminalomsorga under kapittel 430 med 37 mill. kroner. Midlane skal bl.a. gå til å oppretthalde aktivitetsnivået og forbetre budsjettsituasjonen til kriminalomsorga. Løyvinga skal òg gå til utgreiingar av framtidig kapasitetsbehov, sjå meir informasjon under «Bygg og vedlikehald».
Bygg og vedlikehald
Fengselsbygg med eigna lokale for aktivitetar og fellesskap kan leggje betre til rette for eit godt innhaldsarbeid. Når innsette blir flytta frå eit ueigna fengsel til eit meir eigna fengsel, kan det bidra til å redusere tilbakefall.
Regjeringa har gjennomført fleire byggje- og vedlikehaldsprosjekt ved fengsla, både for å redusere eit vesentleg vedlikehaldsetterslep i bygningsmassen og for å møte utfordringane med å gi innsette eit godt og tilpassa tilbod. Arbeidet med erstatningskapasiteten for nytt Oslo fengsel held fram. Stortinget vedtok startløyving i 2023 til utviding av Romerike fengsel, Ullersmo avdeling med 76 plassar. Dei nye plassane skal etter planen vere i drift frå 2026. Kapasiteten ved Oslo fengsel skal reduserast tilsvarande. Planlegginga for ei slik endring vil starte allereie i 2025. I tillegg er det sett i gang eit arbeid med å greie ut løysingar for å erstatte den resterande kapasiteten ved dagens Oslo fengsel gjennom etablering av nye fengselsplassar på Ilseng og på dagens fengselstomt på Grønland. For å sikre vidare framdrift i prosjekta på både Ilseng og Grønland, er det behov for å auke løyvinga til forprosjektering av nytt Oslo fengsel med 42 mill. kroner, av dette 30 mill. kroner under Statsbygg (kap. 2445, post 30) og 12 mill. kroner under kriminalomsorga.
Regjeringa greier også ut eit nytt kvinnefengsel til erstatning for Bredtveit fengsel og forvaringsanstalt, som vart mellombels stengd i 2024. Regjeringa foreslår derfor 11 mill. kroner til forprosjektering av nytt kvinnefengsel, av dette 6 mill. kroner under kriminalomsorga og 5 mill. kroner under Statsbygg. Sjå òg omtale under «Soningsforholda for kvinner».
Statsbygg forvaltar dei fleste fengselsbygga og har ansvaret for vedlikehaldet. Løyvinga til vedlikehald og bygging av nye fengsel skjer over budsjettet til Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet. Sjå programkategori 13.30, kap. 2445 Statsbygg, i Prop. 1 S (2024–2025) for Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet. I perioden 2018–2023 vart det brukt om lag 1,29 mrd. kroner på å halde fengsla ved like.
Kriminalomsorgsdirektoratet og Statsbygg har, på oppdrag frå Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet og Justis- og beredskapsdepartementet, vurdert det framtidige behovet for fengselskapasitet. Rapporten vart levert departementa våren 2024. Rapporten understrekar at fleire fengsel har eit stort vedlikehaldsbehov og behov for oppgradering eller erstatning. Ålesund fengsel og Mosjøen fengsel er døme på fengsel der det krevst store endringar for å tilfredsstille krava til ei forsvarleg kriminalomsorg. Regjeringa vil derfor gå i gang med utgreiingar av nye fengsel i Ålesund- og Mosjøen-området og utgreiing av ei mogleg utviding av Vadsø fengsel. Dette skal sjåast i samanheng med departementets vidare arbeid med å vurdere det framtidige fengselsbehovet i eit langsiktig perspektiv.
Bruk av elektronisk kontroll
Regjeringa foreslår 40 mill. kroner til å iverksette lovforslag som opnar for gjennomføring av varetekt med elektronisk kontroll, i tråd med endringane i Prop. 139 L (2022–2023) om strafferettslege reaksjonar for ungdom og varetekt med elektronisk kontroll som blei vedteke av Stortinget i desember 2023. Forslaget omfattar alle aldersgrupper, ikkje berre dei under 18 år. Forslaget kan bidra til å redusere bruken av tradisjonell varetektsfengsling og dermed negative konsekvensar av fengsling, medrekna faktisk isolasjon.
Bruk av straffegjennomføring med elektronisk kontroll har stor betyding for kapasiteten i kriminalomsorga. Om lag halvparten av alle ubetinga fengselsdommar vart i 2023 gjennomførte i samfunnet med elektronisk kontroll (fotlenke). Ei kunnskapsoversikt frå 20242 viser at det er god dekning i forskingslitteraturen for at straffegjennomføring med elektronisk kontroll bidrar til å redusere tilbakefall til ny kriminalitet, gitt eit godt innhald i straffegjennomføringa. Justis- og beredskapsdepartementet har hatt på høyring eit forslag om å utvide dei rettslege rammene for bruk av elektronisk kontroll og digitale kontrolltiltak i dagens straffegjennomføring. Dette gjeld bl.a. moglegheitene for å bruke digitale kontrolltiltak ved permisjonar, frigang og prøvelauslating. Formålet er å forbetre bruken av elektronisk kontroll og digitale kontrolltiltak, å styrke samfunnsvernet ved lauslating, å redusere tilbakefall til ny kriminalitet og å styrke ettervernet. Samstundes vil digitale løysingar kunne leggje til rette for meir effektiv bruk av ressursar i kriminalomsorga. Departementet følgjer no opp høyringa.
Innhald i straffegjennomføring som gir mindre kriminalitet
Det er eit overordna mål for kriminalomsorga å bidra til at domfelte lever eit liv fritt frå kriminalitet etter at straffa er gjennomført. Dersom domfelte får eit godt innhald i straffegjennomføringa og god oppfølging, kan det bidra til at fleire domfelte fullfører opplæring eller utdanning dei har starta på, og kjem seg ut i arbeid etter at dei har gjennomført straffa si. Domfelte har lik rett på offentlege tenester som andre. Det gjeld både dei som er innsette i fengsel, og dei som gjennomfører straff i samfunnet. Mange domfelte og innsette har betydelege levekårs-, helse- og rusutfordringar. Behova for velferdstenester er derfor større enn for normalbefolkninga elles. Ei god og rehabiliterande straffegjennomføring krev derfor eit tett samarbeid mellom kriminalomsorga og velferdstenestene.
Delen som er utanfor arbeid og utdanning fem år etter sikting, har vore stabil på om lag 40 pst. dei siste åra. Talet på sikta personar med tilbakefall til ny kriminalitet i løpet av fem år er gradvis redusert sidan starten av 2010-talet. Av dei som blir sikta for nye lovbrot, er det særleg stort tilbakefall til rusmiddellovbrot, trafikklovbrot og vald og mishandling.
Dei ordinære velferdsetatane, som helse, arbeid, opplæring, utdanning, sosiale tenester, barnevern og bibliotek, skal yte tenestene sine overfor dei domfelte og innsette, medan kriminalomsorga skal leggje til rette for samarbeidet. Kriminalomsorgsdirektoratet fortset arbeidet med å utvikle tenestetilbodet til innsette og domfelte i ei direktoratsgruppe med velferdsetatane Arbeids- og velferdsetaten, Helsedirektoratet, Utdanningsdirektoratet/Statsforvaltaren i Vestland og Husbanken. Gruppa jobbar bl.a. med å tette glippsoner i overgangen frå fengsel til fridom. Arbeidet er ei del av oppfølginga av Riksrevisjonens undersøking av tenestetilbodet til innsette i 2022.
I tillegg er det ei viktig oppgåve for kriminalomsorga å leggje til rette for aktivitetar for dei innsette. I 2023 var delen aktiviserte på 78 pst. I første tertial 2024 var delen døgn med aktivitet gått noko opp, til 80 pst.
Utfordring med psykisk sjuke innsette og isolasjon
Mange innsette har behov for helse- og omsorgstenester. Det kan vere helseutfordringar frå før innsetjinga, men òg helseplager som oppstår eller blir verre etter innsetjinga. Ein studie frå SERAF viser til tross for at talet på innsette har gått ned i perioden frå 2010 til 2022, har delen innsette som kjem til fengsel med psykiske lidingar auka frå 31 til 40 prosent. Delen innsette med ruslidingar har auka frå 24 til 33 prosent i same tidsperiode. Studien viser vidare at det har vore ein særleg auke i talet på kvinnelege innsette som har ei eller fleire psykiske lidingar. Eit stort omfang av psykiske lidingar kan vise seg gjennom meir utagering, sjølvskading og sjølvmordsforsøk. Dersom ein ikkje har tilstrekkeleg bemanning på plass, kan ei slik utvikling bl.a. føre til hyppigare bruk av isolasjon, noko som igjen har ein negativ verknad på psykisk helse.
Det er eit mål å redusere bruken av isolasjon og tvangsmiddel i fengsla og å auke tida dei innsette bruker i fellesskap. Aktiviserings- og ressursteam er varige verkemiddel i arbeidet med å førebyggje isolasjon ved å tilby innsette auka fellesskap og aktivisering. I ressursteama inngår ressursar frå helsetenesta, i tillegg til personell frå kriminalomsorga. Erfaringar frå teama er at dei bidrar til at færre innsette er isolerte, og at dei førebyggjer sjølvmord, sjølvskading, vald og truslar i fengsla. Det er totalt ti aktiviseringsteam og to ressursteam i fengsla i dag. I tillegg er det etablert ei forsterka nasjonal fellesskapsavdeling med tilsette frå helsetenestene og kriminalomsorga på Ila fengsel og forvaringsanstalt. Ei tilsvarande avdeling er no under etablering for kvinnelege innsette ved Telemark fengsel, Skien avdeling og skal etter planen stå klar i 2025. Sjå òg nærmare omtale under «Soningsforholda for kvinner».
Regjeringa har oppnemnt eit utval som skal evaluere ordningane med forvaring, tvunge psykisk helsevern og tvungen omsorg og greie ut varetakinga av sikta, domfelte og innsette med alvorlege psykiske lidingar eller utviklingshemming. Utvalet for strafferettslege reaksjonar og psykisk helse skal særleg sjå på korleis kvinner og barn blir varetekne. Utvalet skal levere utgreiinga 1. mars 2025.
For å gi eit nødvendig og tilstrekkeleg tilbod til gruppa innsette med psykiske utfordringar er det behov for eit tett samarbeid mellom kriminalomsorga og helsetenestene.
Arbeid med psykisk sjuke innsette, som arbeidet til utvalet og andre relevante tiltak, er noko departementa vil komme tilbake til i stortingsmelding om straffegjennomføring. Det er bl.a. nødvendig med eit tilstrekkeleg nivå på stadlege spesialisthelsetenester og tverrfagleg spesialisert rusbehandling til innsette, som blir følgt opp av Helse- og omsorgsdepartementet.
Som figuren over viser, har talet på innsette med mindre enn høvesvis to og åtte timar fellesskap gått nedover dei siste åra, men i 2023 og første tertial 2024 har det vore ein auke igjen. Bemanningssituasjonen og auken i delen innsette med psykiske lidingar kan vere årsak til utviklinga.
Justis- og beredskapsdepartementet har hatt på høyring forslag til lovendringar som har som formål å redusere omfanget av isolasjon i fengsla. Departementet følgjer no opp høyringa. Stortinget har også, på bakgrunn av forslag frå regjeringa, vedteke nye reglar om tilsynsråd for kriminalomsorga. Dei nye reglane inneber ei styrking av tilsynet. Tilsynsrådet får ei fast leiing, eit klarare mandat enn i dag og eit sekretariat som kan leggje til rette for eit effektivt tilsyn. Tilsynsarbeidet skal vidare planleggjast under eitt for heile landet. Nytt tilsynsråd skal vere i drift frå 2025. Sivilrettsforvaltninga vil vere sekretariat for det landsomfattande tilsynsrådet, og sekretariatet blir etablert i Vardø.
Soningsforholda for kvinner
Det har over tid vore ei utfordring å gi kvinnelege innsette soningsforhold som er likeverdige med forholda menn har. I 2023 utgjorde kvinnelege innsette om lag 5 pst. av alle innsette, men stod for dei fleste tilfella av sjølvskading og sjølvmordsforsøk i fengsel. Av 37 vedtak om bruk av tryggingsseng (beltelegging) gjaldt 35 kvinnelege innsette.
Kriminalomsorga har dei siste åra sett ein betydeleg auke i delen kvinnelege innsette med eit komplekst utfordringsbilete, psykiske lidingar og sjølvskading. På bakgrunn av dette vart Telemark fengsel, Skien avdeling i 2023 gjort om til eit fengsel for kvinner.
Det krev spesialisert kompetanse å følgje opp kvinnelege innsette med psykiske helseutfordringar. I 2024 vart det derfor løyvd midlar til å betre tilhøva for kvinnelege innsette, bl.a. gjennom å opprette eit forsterka team ved Telemark fengsel, Skien avdeling, som skal gi kvinner med særskilde psykiske helseutfordringar tilstrekkeleg oppfølging. Teamet er bemanna med personell frå kriminalomsorga og helsetenestene. Erfaringane frå teamet er gode. Kriminalomsorgsdirektoratet rapporterer at teamet har hatt ein positiv effekt i å førebyggje hendingar med sjølvskading. Ei nasjonal forsterka fellesskapsavdeling (NFFA) er òg under oppbygging ved Telemark fengsel, Skien avdeling. Avdelinga skal stå klar i 2025, og då vil det forsterka ressursteamet bli nytta her. Ei NFFA skal bidra til å gi betre oppfølging av kvinnelege innsette med særskilde behov, førebyggje og hindre langvarig isolasjon og redusere behovet for bruk av tvangsmiddel.
Bredtveit fengsel og forvaringsanstalt stengde 1. mars 2024 etter ein brannteknisk gjennomgang som viste at opphald i bygget var ei fare for liv og helse. Som ei mellombels løysing har kriminalomsorga oppretta ei kvinneavdeling ved Romerike fengsel, Ullersmo avdeling. Fleire av dei innsette vart òg flytta til Telemark fengsel, Skien avdeling. Det er viktig å få på plass ei langsiktig løysing for plassar for kvinner på Austlandet. I revidert nasjonalbudsjett 2024 vart det derfor løyvd om lag 10 mill. kroner til gjennomføring av ei utgreiing for eit nytt kvinnefengsel på Austlandet. Regjeringa foreslår i 2025 11 mill. kroner til forprosjektering av nytt kvinnefengsel på Austlandet.
Barn og unge vaksne som er dømde for kriminelle handlingar
Barn og unge under 25 år er overrepresenterte i kriminalstatistikken, og tilbakefall blant denne gruppa er høgare enn elles i befolkninga. Det er eit mål for regjeringa at barn ikkje skal sitje i fengsel saman med vaksne. Kriminalomsorga har to landsdekkande ungdomseiningar for innsette mellom 15 og 18 år. I 2024 vart kapasiteten ved Ungdomseining aust på Eidsvoll utvida med to plassar, slik at den totale kapasiteten ved ungdomseiningane er på ti plassar. Den auka kapasiteten vil gi betre moglegheit til å kunne halde innsette åtskilde ved behov, anten det gjeld kjønn eller andre årsaker, som at nokon høyrer til i same kriminelle miljø eller i kriminelle miljø som er i konflikt.
Det har vore ein markant auke i talet på innsetjingar av mindreårige i fengsel dei to siste åra. Auken inneber at det er ein risiko for at det i periodar kan vere fleire mindreårige innsette enn det er plass til i ungdomseiningane, sjølv etter kapasitetsutvidinga i 2024. Denne utviklinga er forventa å akselerere i tråd med politiets auka satsing på området, og prognosar frå Kriminalomsorgsdirektoratet viser eit framtidig behov på mellom 25 og 30 plassar for mindreårige. Regjeringa foreslår totalt 105 mill. kroner til fleire plassar for mindreårige i kriminalomsorga. Midlane er ein del av regjeringa si satsing mot barne- og ungdomskriminalitet. Regjeringa foreslår at 65 mill. kroner går til å auke kapasiteten gjennom å etablere 11 mellombelse plassar i 2025. Tilbodet skal vere i tråd med barnekonvensjonen og gjeldande regelverk. Ungdomseiningane har ei tverrfagleg bemanning og eit team på tvers av etater for å sikre deltaking frå ulike velferdstenester. Forslaget har økonomiske konsekvensar for Barne- og familiedepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet og Kunnskapsdepartementet i 2025, sjå òg omtale under desse departementa.
Regjeringa foreslår òg 40 mill. kroner til utbygging av ytterlegare fire nye plassar ved Ungdomseining aust på Eidsvoll i 2025. Denne ungdomseininga har ein bygningsmasse som gjer det mogleg å ha dei nye plassane klare til drift i 2026. Forslaget har ein årleg driftskostnad på 23,5 mill. kroner frå 2026, inkludert økonomiske konsekvensar for Barne- og familiedepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet og Kunnskapsdepartementet. Iverksetting av lovforslag om opnar for gjennomføring av varetekt med elektronisk kontroll vil bidra til å betre kapasiteten ved ungdomseiningane, sjå omtale under «Bruk av elektronisk kontroll».
Det sit om lag 380 personar mellom 18 og 24 år i norske fengsel i dag. Samstundes gjennomfører om lag 350 personar mellom 18 og 24 år straff i samfunnet. Domfelte over 18 år blir etter dagens regelverk definerte som vaksne. Denne gruppa kan ha særskilde behov pga. den unge alderen sin. Kriminalomsorga har derfor etablert fleire ungdomsteam for å følgje opp aldersgruppa 18–24 år spesielt, under både varetekt og straffegjennomføring. Teama skal særleg prioritere unge som blir overførte frå ungdomseiningane ved fylte 18 år. Erfaringa med teama er gode. Det er òg etablert ungdomsansvarlege ved ei rekkje friomsorgskontor.
Regjeringa foreslår også endringar i dei strafferettslege reaksjonane ungdomsstraff og ungdomsoppfølging, sjå nærmare omtale av arbeidet under kap. 433 Konfliktrådet.
Post 01 Driftsutgifter, kan nyttes under kap. 431, post 01
Løyvinga skal dekke ordinære driftsutgifter (lønn, varer og tenester) i kriminalomsorga, i tillegg til fellestenester og utviklingsprosjekt for etaten. Bemanninga i kriminalomsorga per 1. mars 2024 utgjorde 4 071 fast tilsette årsverk. Posten dekker vidare utgifter til maskiner og utstyr, kontorutgifter, personalavhengige utgifter, husleige, programverksemd, aktiviseringstiltak og godtgjersler og kosthald for dei innsette. Lønn og andre ordinære driftsutgifter under Kriminalomsorgsdirektoratet blir dekte under kap. 431.
Det blir foreslått å auke løyvinga med
47,6 mill. kroner til å auke kapasiteten for mindreårige gjennom å etablere 11 mellombelse plassar
40 mill. kroner til å gjennomføre lovendring om varetekt med elektronisk kontroll, jf. Prop. 139 L (2022–2023)
37 mill. kroner til å oppretthalde aktivitetsnivået og til utgreiing av framtidig kapasitetsbehov
12 mill. kroner til forprosjektering av nytt Oslo fengsel
6 mill. kroner for å dekke kriminalomsorga si bistand til politiet med omvend valdsalarm, mot ein tilsvarande reduksjon på kap. 440, post 01
6,3 mill. kroner til å gjennomføre lovendringar, jf. Prop. 114 L (2023–2024), og til å etablere eit hurtigspor for behandling av straffesaker i Oslo der gjerningspersonen er under 18 år
6 mill. kroner til forprosjektering av kvinnefengsel på Austlandet
2,2 mill. kroner til ein funksjon for mottak av varetektsbestillingar
2 mill. kroner til husleige, Romerike fengsel, Ullersmo avdeling
Det blir foreslått å flytte 4 mill. kroner frå kap. 430, post 01 til kap. 473, post 01 til etablering av nytt tilsynsråd i kriminalomsorga.
Det er òg endringar som følgje av tidlegare budsjettvedtak og tekniske endringar på posten, som ikkje blir omtalte nærmare.
Det blir foreslått at Justis- og beredskapsdepartementet i 2025 får fullmakt til å overskride løyvinga på kap. 430, post 01, mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3430, post 03 og 04, jf. forslag til vedtak.
Det blir foreslått ei løyving på posten på 5 862 mill. kroner.
Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overføres, kan nyttes under kap. 430, post 01
Posten omfattar utgifter til arbeidsdrifta, medrekna utgifter til materiale, rutinemessig utskifting av mindre maskiner og utstyr, kurs for tilsette som rettar seg spesifikt mot hjelpemiddel som blir brukte i arbeidsdrifta, og vedlikehald og drift av maskiner som blir brukte i arbeidsdrifta. I posten inngår òg arbeidspengar til dei innsette.
Det blir foreslått at Justis- og beredskapsdepartementet i 2025 får fullmakt til å overskride løyvinga på kap. 430, post 21, mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3430, post 02, jf. forslag til vedtak.
Det blir foreslått ei løyving på posten på 125,2 mill. kroner.
Post 45 Større utstyrsanskaffelser og vedlikehold, kan overføres
Løyvinga på posten omfattar større utstyrskjøp og vedlikehald. Posten omfattar òg midlar til IKT-løysingar, maskiner og teknisk utstyr til arbeidsdrifta, anna utstyr til fengsla og innkjøp av køyretøy.
Det blir foreslått å auke løyvinga med
40 mill. kroner til utbygging av Ungdomseining aust for å auke kapasiteten med fire plassar
12,8 mill. kroner til utvidinga av Romerike fengsel, Ullersmo avdeling
Det blir foreslått å redusere løyvinga med
25 mill. kroner som i 2024 vart gitt til ombyggingstiltak for å etablere ei nasjonal fellesskapsavdeling ved Telemark fengsel, Skien avdeling
1,5 mill. kroner til investeringar i arbeidet med å forbetre dei strafferettslege reaksjonane ungdomsstraff og ungdomsoppfølging
Det blir foreslått at Justis- og beredskapsdepartementet i 2025 kan pådra staten forpliktingar utover budsjettåret for å skaffe brukarutstyr til investeringsprosjektet utviding av Romerike fengsel, Ullersmo avdeling, sjå forslag til romartalsvedtak.
Det blir foreslått ei løyving på posten på 112 mill. kroner.
Post 60 Refusjoner til kommunene, forvaringsdømte mv., kan overføres
Løyvinga på posten dekker refusjonar til kommunale omsorgstiltak for prøvelauslating frå forvaring og varetektssurrogat. Ved prøvelauslating av forvaringsdømde kan retten setje vilkår om at den domfelte oppheld seg i institusjon eller kommunal bustad i meir enn eitt år.
Avgjerder om varetektssurrogat og prøvelauslating frå forvaring på nemnde vilkår ligg til domstolane. Det er vanskeleg å føreseie utviklinga i omfanget av saker, og dette gjer løyvingsbehovet på posten usikkert.
Det blir foreslått ei løyving på posten på 166 mill. kroner.
Post 70 Tilskudd
Post 70 er ei tilskotsordning for frivillig verksemd under verkeområda til kriminalomsorga. Formålet med tilskotsordninga er å hindre tilbakefall til ny kriminalitet gjennom å reintegrere domfelte under og etter straffegjennomføring til auka deltaking i samfunnet og auka livsmeistring.
Samarbeidet mellom kriminalomsorga og dei frivillige organisasjonane bidrar til å styrke innhaldsarbeidet for dei innsette. I 2023 vart det i alt fordelt over 42 mill. kroner til 39 frivillige og ideelle organisasjonar gjennom tilskotsordninga. WayBack, Kirkens bymisjon FRI, Røde Kors Nettverk etter soning og Blå Kors steg for steg fekk dei største tilskota.
Arbeids- og velferdsdirektoratet og Kriminalomsorgsdirektoratet har sett i gang eit pilotprosjekt med effektkontraktar som eit tiltak for å førebyggje tilbakefall til kriminalitet. Effektkontraktar er resultatbaserte avtalar mellom fleire partar, som oftast offentlege myndigheiter, investorar/stiftingar og private eller ideelle tenesteleverandørar, som har som formål å løyse sosiale problem på ein ny måte. Staten bidrar med midlar til å dekke delar av kostnadene dersom måla for prosjektet blir nådd. Det vart sett i gang to prosjekt i 2022, eitt i Vestfold og Telemark og eitt i Trøndelag, som varer i to år. Midlar vil først bli gitt når prosjekta er ferdige og resultata er vurderte å vere i samsvar med kontrakten. Sluttoppgjeret for prosjektet i Trøndelag blir føreteke i 2024, medan prosjektet i Vestfold og Telemark er forventa avslutta i 2025. Departementet foreslår derfor å øyremerke 1,9 mill. kroner til formålet på posten. Beløpet er berekna ut frå dei avtalane som allereie er inngått. Ubrukte midlar kan nyttast til frivillige organisasjonar gjennom tilskotsordninga.
I 2025 foreslår departementet at løyvinga på posten blir fordelt av Kriminalomsorgsdirektoratet etter søknad frå organisasjonar, med unntak av midlane som blir øyremerkte til effektkontraktar. Det er ein føresetnad at midlane blir fordelte ut frå tydelege kriterium, bl.a. at ein legg vekt på omsynet til kontinuitet for organisasjonane over tid.
Det blir foreslått å flytte 3 mill. kroner frå kap. 430, post 70 til kap. 473, post 01 til etablering av nytt tilsynsråd i kriminalomsorga.
Det blir foreslått ei løyving på posten på 34,8 mill. kroner.
Kap. 3430 Kriminalomsorgen
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2023 | Saldert budsjett 2024 | Forslag 2025 |
02 | Arbeidsdriftens inntekter | 126 097 | 118 791 | 123 305 |
03 | Andre inntekter | 34 170 | 26 182 | 27 177 |
04 | Tilskudd | 26 425 | 8 021 | 26 326 |
Sum kap. 3430 | 186 692 | 152 994 | 176 808 |
Post 02 Arbeidsdriftens inntekter
Posten omfattar inntekter frå sal av produksjonen frå arbeidsdrifta, i tillegg til inntekter frå drifts- og vedlikehaldsoppgåver som blir utførte på bestilling frå Statsbygg.
Det blir foreslått at Justis- og beredskapsdepartementet i 2025 får fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 430, post 21, mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3430, post 02, jf. forslag til vedtak.
Det blir foreslått ei løyving på posten på 123,3 mill. kroner.
Post 03 Andre inntekter
Posten omfattar bl.a. leigeinntekter for teneste- og leigebustader, refundert kost og husleige, klientavhengige driftstilskot til overgangsbustadene og tilskot frå andre offentlege verksemder til gjennomføring av prosjekt.
Det blir foreslått at Justis- og beredskapsdepartementet i 2025 får fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 430, post 01 og kap. 431, post 01, mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3430, post 03, jf. forslag til vedtak.
Det blir foreslått ei løyving på posten på 27,2 mill. kroner.
Post 04 Tilskudd
Posten omfattar tilskot til deltaking i internasjonalt fengselssamarbeid under EØS-finansieringsmekanismane. Posten omfattar òg inntekter frå prosjekt der kriminalomsorga får tilskot til å gjennomføre prosjekt i samarbeid med internasjonale organisasjonar eller andre land.
Det blir foreslått at Justis- og beredskapsdepartementet i 2025 får fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 430, post 01, kap. 431, post 01 og kap. 432, post 01 mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3430, post 04, jf. forslag til vedtak.
Det blir foreslått ei løyving på posten på 26,3 mill. kroner.
Kap. 431 Kriminalomsorgsdirektoratet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2023 | Saldert budsjett 2024 | Forslag 2025 |
01 | Driftsutgifter, kan nyttast under kap. 430, post 01 | 159 196 | 161 980 | 176 520 |
Sum kap. 431 | 159 196 | 161 980 | 176 520 |
Kriminalomsorgsdirektoratet har det øvste faglege og administrative ansvaret for kriminalomsorga. Direktoratet har òg eit overordna ansvar for rettstryggleik og lik behandling av sakene til dei innsette og domfelte, gjennom bl.a. tilsynsverksemd, behandling av enkeltsaker og internkontroll.
Høgsterett har konkludert med at rutinemessige kroppsvisitasjonar i Bergen fengsel i perioden 2018–2020 krenkte saksøkars rett til vern mot nedverdigande behandling etter Den europeiske menneskerettskonvensjon (EMK) artikkel 3 og Grunnloven § 93 andre ledd, og at staten må betale erstatning (oppreising) til saksøkarane for dette. Staten har hittil mottatt over 300 erstatningskrav eller varslar om erstatningskrav frå personar som meiner seg utsett for tilsvarande krenkingar av menneskerettane, og som må tas til behandling. Det er ei risiko for fleire sakar og det vil vere ressurskrevjande å handtere saksbehandlinga av desse.
Post 01 Driftsutgifter, kan nyttes under kap. 430, post 01
Posten omfattar ordinære driftsutgifter under Kriminalomsorgsdirektoratet. Løyvinga dekker driftsutgiftene som følgjer av funksjonen som det øvste faglege og administrative organet for kriminalomsorga, irekna lønnsutgifter, driftsutgifter til leige av lokale, utgifter til ekstern bistand, kompetanseutvikling og møter, i tillegg til reiser (inkludert internasjonalt samarbeid), anskaffingar og IKT-innkjøp, og andre driftsutgifter. Bemanninga i direktoratet per 1. mars 2024 utgjorde 72 fast tilsette årsverk.
Løyving til å dekke utgifter til utviklings- og byggjeprosjekt i fengsla og utgifter til fellestenester som blir utførte av direktoratet på vegner av heile etaten, blir framleis gitt under kap. 430 Kriminalomsorgen.
Det blir foreslått at Justis- og beredskapsdepartementet i 2025 får fullmakt til å overskride løyvinga på kap. 431, post 01, mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3430, post 03 og 04, jf. forslag til vedtak.
Det er òg endringar som følgje av tidlegare budsjettvedtak og tekniske endringar på posten, som ikkje blir omtalte nærmare.
Det blir foreslått ei løyving på posten på 176,5 mill. kroner.
Kap. 432 Kriminalomsorgens høgskole og utdanningssenter
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2023 | Saldert budsjett 2024 | Forslag 2025 |
01 | Driftsutgifter | 238 568 | 238 391 | 252 138 |
Sum kap. 432 | 238 568 | 238 391 | 252 138 |
Eit forsvarleg innhald i straffegjennomføringa, som førebyggjer kriminalitet, krev tilsette med rett og tilstrekkeleg kompetanse.
I 2023 byrja 176 aspirantar utdanninga ved Høgskolen og utdanningssenteret for kriminalomsorga KRUS. Tabellen nedanfor viser talet på uteksaminerte fengselsbetjentar i perioden 2018–2023.
Tabell 2.7 Talet på uteksaminerte fengselsbetjentar, 2018–2023
År | 2018 | 2019 | 2020 | 2021 | 2022 | 2023 |
---|---|---|---|---|---|---|
Uteksaminerte fengselsbetjentar | 162 | 260 | 144 | 841 | 88 | 155 |
1 Nedgangen i uteksaminerte i 2021 og 2022 kjem av forskyving i klasseopptaket.
Det er ei utfordring med høg og stadig aukande turnover blant unge tilsette i kriminalomsorga. Til dømes sluttar kvar fjerde fengselsbetjent i jobben tre år etter utdanninga, og det er i dag fleire som sluttar enn det blir tilsett. Ein stor del av dagens tilsette vil vere pensjonerte eller nær pensjonsalder (eldre enn 59 år) om nokre få år. Det er behov for å få på plass gode tiltak som sikrar rett kompetanse og gode arbeidsforhold i kriminalomsorga. Dette er tema den kommande stortingsmeldinga om straffegjennomføring vil sjå nærmare på.
Post 01 Driftsutgifter
Posten omfattar lønns- og personalutgifter til tilsette og aspirantar ved KRUS, drifts- og leigeutgifter til lokale, reiser (medrekna aspirantar), fagmateriell, inventar og utstyr, lisensar, uniformseffektar m.m. Bemanninga ved KRUS var 58 fast tilsette årsverk per 1. mars 2024. Det er 83 pst. av driftsramma som går til lønn, og mellombels lønn til studentar/aspirantar utgjorde 111 mill. kroner (eksklusiv sosiale kostnadar) i 2023.
Posten omfattar òg løyving til forsking og utvikling, etter- og vidareutdanning, verksbetjentutdanning og støttefunksjonar.
Det blir foreslått å auke løyvinga med 7 mill. kroner til å oppretthalde tenestetilbodet og sikre budsjettbalanse.
Det er òg endringar som følgje av tidlegare budsjettvedtak og tekniske endringar på posten, som ikkje blir omtalte nærmare.
Det blir foreslått at Justis- og beredskapsdepartementet i 2025 får fullmakt til å overskride løyvinga på kap. 432, post 01, mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3430, post 04 og kap. 3432, post 03, jf. forslag til vedtak.
Det blir foreslått ei løyving på posten på 252,1 mill. kroner.
Kap. 3432 Kriminalomsorgens høgskole og utdanningssenter
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2023 | Saldert budsjett 2024 | Forslag 2025 |
03 | Andre inntekter | 5 604 | 1 224 | 1 271 |
Sum kap. 3432 | 5 604 | 1 224 | 1 271 |
Post 03 Andre inntekter
Posten omfattar bl.a. inntekter frå eigendelen som aspirantane betaler for skulebøker.
Det blir foreslått at Justis- og beredskapsdepartementet i 2025 får fullmakt til å overskride løyvinga på kap. 432, post 01, mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3432, post 03, jf. forslag til vedtak.
Det blir foreslått ei løyving på posten på 1,3 mill. kroner.
Kap. 433 Konfliktrådet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2023 | Saldert budsjett 2024 | Forslag 2025 |
01 | Driftsutgifter | 143 736 | 161 378 | 178 417 |
60 | Tilskudd til kommuner | 10 759 | 11 208 | 20 145 |
70 | Tilskudd | 27 933 | 26 553 | 22 562 |
Sum kap. 433 | 182 428 | 199 139 | 221 124 |
Konfliktrådet meklar mellom partar i ein konflikt som følgje av ei straffbar handling eller mellom partar i sivile konfliktar. Meklinga baserer seg på metodikken for gjenopprettande prosess, som inneber at partane i fellesskap bestemmer korleis konflikten skal handterast. Konfliktrådet har eit spesielt ansvar for unge i konflikt med lova og er ansvarleg for å gjennomføre straffereaksjonane ungdomsstraff og ungdomsoppfølging, som rettar seg mot ungdom mellom 15 og 18 år med eit oppfølgingsbehov. I tillegg har konfliktrådet ansvar for straffereaksjonen oppfølging i konfliktråd. Sekretariatet for konfliktråda står for den faglege og administrative leiinga av arbeidet.
Kapasitet og arbeidsmengd hos konfliktrådet er avhengig av omfanget av kriminalitet i Noreg, aktivitetane og prioriteringane til politiet og påtalemakta, saksbehandlingstida i domstolane og talet på domfellingar og av politiske avgjerder som kan endre rammene for straff og kva som skal straffast.
Konfliktråda tok imot 8 034 saker i 2023. I løpet av dei siste åra har det vore ei tydeleg vekst i sakane til konfliktrådet, særleg innanfor sivile saker. Sidan 2021 behandlar konfliktrådet i underkant av 1 000 fleire sivile saker og over 500 fleire henlagde sivile saker. For straffesakene har det òg vore ein viss auke i løpet av dei siste åra.
Konfliktrådet arbeider for å auke kunnskapen om rådet sine tenester og har bl.a. jobba opp mot politiet og påtalemakta for å få fleire eigna saker. Talet på sivile saker i konfliktråda har auka med 18 pst. frå 2022. Talet på straffesaker som blir overførte til konfliktråda, har òg hatt ein liten auke frå 2022.
Ungdomsstraff og ungdomsoppfølging
Regjeringa ønskjer å vidareutvikle ungdomsreaksjonane ungdomsstraff og ungdomsoppfølging og innføre meir effektive verkemiddel for å førebyggje kriminalitet. I september 2023 fremma regjeringa Prop. 139 L (2022–2023) med forslag til endringar i dei strafferettslege reaksjonane ungdomsstraff og ungdomsoppfølging. I proposisjonen foreslo regjeringa òg å utvide verkeområdet for opphaldsforbod etter straffeprosesslova § 222 c til også å omfatte ungdom mellom 15 og 18 år. Lovforslaga vart einstemmig vedtekne og er fastsette ved lov 20. desember 2023 nr. 110. Dei fleste endringane trådde i kraft 1. september 2024. Stortinget fatta samstundes fem oppmodingsvedtak, bl.a. om å «fremme de nødvendige lovendringsforslag for å sikre etableringen av et hurtigspor for rask pådømmelse av lovbrudd begått av gjerningspersoner som var under 18 år på handlingstidspunktet». Regjeringa fremma i juni 2024 Prop. 114 L (2023–2024) som følgjer opp fire av oppmodingsvedtaka. Sjå nærmare omtale under oppmodningsvedtak i del I. Lang ventetid mellom lovbrot og reaksjon kan vere ei stor belastning for både ungdommen, fornærma og pårørande. Det vil òg kunne vere ein risiko for at ungdommen gjer seg skuldig i nye lovbrot. Oslo har dei største utfordringane med gjenteken og alvorleg kriminalitet blant ungdom og med kriminalitet gjord av unge med tilknyting til gjengar. Oslo har eit stort volum av saker og til dels meir alvorlege saker enn andre byar.
Regjeringa foreslår til saman 34 mill. kroner i 2025 som skal gå til å gjennomføre lovendringar og forbetre ungdomsreaksjonane og til å etablere eit hurtigspor for behandling av straffesaker i Oslo der gjerningspersonen er under 18 år. Forslaget har ein heilårseffekt på 32,5 mill. kroner frå 2026. Midlane er ein del av regjeringa si satsing mot barne- og ungdomskriminalitet.
Tilskotsordning for samordning av lokale rus- og kriminalitetsførebyggjande tiltak (SLT)
Når barn og unge gjer kriminalitet er det behov for ein innsats på tvers av sektorar. Hjelpen kjem ofte for seint og er for lite koordinert. Samordning av lokale rus- og kriminalitetsførebyggjande tiltak (SLT) er ein samarbeidsmodell mellom politi og kommune for å samordne slike tiltak. Konfliktrådet har ansvar for fagleg støtte og rettleiing. Gjennom SLT-samarbeidet kan kommunen og politiet saman kartleggje utfordringsbiletet i sitt lokale miljø og sette i verk tiltak.
Regjeringa foreslår 10 mill. kroner i 2025 til ein ny tilskotsordning for samordning av lokale rus- og kriminalitetsførebyggjande tiltak (SLT). Forslaget har ein heilårseffekt på 28 mill. kroner frå 2026. Midlane er ein del av regjeringa si satsing mot barne- og ungdomskriminalitet. Tilskotet skal gå til kommunar/bydelar som har særlege utfordringar med kriminalitet og til målretta tiltak som er bygd på etablert kunnskap om kva som verker. Ordninga vil ha eit krav til medfinansiering frå kommunane.
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga skal gå til drift av konfliktrådskontora og til Sekretariatet for konfliktråda. Samla utgjorde bemanninga i konfliktråda 128,6 årsverk per 31. desember 2023.
Det blir foreslått å auke løyvinga med
9,6 mill. kroner til å gjennomføre lovendringar, jf. Prop. 114 L (2023–2024) og Prop. 139 L (2022–2023), og til å etablere eit hurtigspor for behandling av straffesaker i Oslo der gjerningspersonen er under 18 år (forslaget har ein heilårseffekt på 9,3 mill. kroner frå 2026)
2 mill. kroner til å følgje opp arbeidet med lovendringar som skal forbetre straffereaksjonane ungdomsstraff og ungdomsoppfølging (konsekvens av løyving i 2024)
1 mill. kroner til forvaltning av ny tilskotsordning for samordning av lokale rus- og kriminalitetsførebyggjande tiltak (SLT)
Det er òg endringar som følgje av tidlegare budsjettvedtak og tekniske endringar på posten, som ikkje blir omtalte nærmare.
Det blir foreslått at Justis- og beredskapsdepartementet i 2025 får fullmakt til å overskride løyvinga på kap. 433, post 01, mot tilsvarande meirinntekter på kap. 3433, post 02, jf. forslag til vedtak.
Det blir foreslått ei løyving på 178,4 mill. kroner.
Post 60 Tilskudd til kommuner
Løyvinga skal gå til tilskotsordninga for samordning av lokale rus- og kriminalitetsførebyggjande tiltak (SLT), sjå omtale over, og til tilskotsordninga for førebygging av radikalisering og valdeleg ekstremisme, som Sekretariatet for konfliktråda forvaltar.
Hovudmålet for tilskotsordninga for førebygging av radikalisering og valdeleg ekstremisme er å stimulere til kompetanseheving lokalt og utvikling av gode tiltak for å førebyggje og behandle utfordringar knytte til radikalisering og valdeleg ekstremisme. I 2023 vart det fordelt om lag 10,5 mill. kroner til totalt 43 kommunale prosjekt. Tilskot vart gitt til førebyggjande tiltak retta mot personar eller miljø i risiko for radikalisering, mentorordningar og kompetansehevande tiltak. Kommunane prioriterer vidare arbeidet med ressursgrupper og regionale samarbeidsnettverk for å førebyggje radikalisering og valdeleg ekstremisme. Tilskotsordninga svarer på eit stort behov hos kommunane for støtte til å førebyggje og gjennomføre viktige kriminalitetsførebyggjande tiltak.
Det blir foreslått å auke løyvinga med
9 mill. kroner til ny tilskotsordning for samordning av lokale rus- og kriminalitetsførebyggjande tiltak (SLT)
Det blir foreslått å flytte 500 000 kroner frå kap. 433, post 60 til kap. 473, post 01 til etablering av nytt tilsynsråd i kriminalomsorga.
Det blir foreslått ei løyving på 20,1 mill. kroner.
Post 70 Tilskudd
Løyvinga skal gå til tilskot til arbeid mot vald i nære relasjonar og til tilskotsordninga for kriminalitetsførebyggjande tiltak, som Sekretariatet for konfliktråda forvaltar.
Tilskotsordninga for kriminalitetsførebyggjande tiltak skal bidra til å førebyggje kriminalitet, særleg blant barn og unge. I 2023 vart det fordelt om lag 8,9 mill. kroner til 47 ulike organisasjonar. Det er gitt tilskot både til store, nasjonale organisasjonar og til mindre, lokale foreiningar. Felles for mottakarane er at dei bidrar til eit betre og breiare tilbod til menneske med ulike utfordringar, ofte i tett samarbeid med offentlege myndigheiter.
Tilskotsordninga til å førebyggje og kjempe mot vald i nære relasjonar skal bidra til å motverke at barn og vaksne blir utsette for eller utøver vald i nære relasjonar. Organisasjonar som driv frivillig verksemd og krisesenter i kommunal regi, kan få tilskot. I 2023 vart det fordelt om lag 15 mill. kroner til 53 ulike tiltak, bl.a. hjelpetiltak retta mot offer for vald i nære relasjonar eller mot barna deira, kompetansebyggingstiltak retta mot hjelpeapparatet og undervisning om temaet på skular. Fleire av tiltaka retta seg mot spesifikke grupper slik som etniske eller seksuelle minoritetar og personar med nedsett funksjonsevne.
Forandringshuset i regi av KFUK-KFUM og Oslo kommune har sidan 2022 årleg fått øyremerkte løyvingar (høvesvis 2 mill. kroner og 1 mill. kroner) til pilotprosjekt for exit-program for gjengkriminelle. Regjeringa foreslår å avslutte dei øyremerkte løyvingane frå 2025. Sjå òg oversikt over enkeltståande tilskot i del III.
Heile posten blir i 2025 fordelt av Sekretariatet for konfliktråda etter søknad frå organisasjonar. Det er ein føresetnad at midlane blir fordelte ut frå tydelege kriterium, bl.a. at ein legg vekt på omsynet til kontinuitet for organisasjonane over tid.
Det blir foreslått å flytte 5 mill. kroner frå kap. 433, post 70 til kap. 473, post 01 til etablering av nytt tilsynsråd i kriminalomsorga.
Det blir foreslått ei løyving på 22,6 mill. kroner.
Kap. 3433 Konfliktrådet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2023 | Saldert budsjett 2024 | Forslag 2025 |
02 | Refusjoner | 11 | 6 | 6 |
Sum kap. 3433 | 11 | 6 | 6 |
Post 02 Refusjoner
Inntektene på posten er refusjonar som skal dekke utgiftene konfliktråda har i samband med kurs og konferansar.
Det blir foreslått at Justis- og beredskapsdepartementet i 2025 får fullmakt til å overskride løyvinga på kap. 433, post 01, mot tilsvarande meirinntekter på kap. 3433, post 02, jf. forslag til vedtak.
Det blir foreslått ei løyving på posten på 6 000 kroner.
Programkategori 06.40 Politi og påtale
Utgifter under programkategori 06.40 fordelte på postgrupper
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Post- gr. | Nemning | Rekneskap 2023 | Saldert budsjett 2024 | Forslag 2025 | Endring i pst. |
01–29 | Statens eigne driftsutgifter | 26 096 875 | 25 935 767 | 29 152 580 | 12,4 |
30–49 | Nybygg, anlegg o.a. | 693 832 | 479 011 | 584 923 | 22,1 |
50–89 | Overføringar til andre | 294 054 | 772 894 | 758 505 | -1,9 |
Sum kategori 06.40 | 27 084 761 | 27 187 672 | 30 496 008 | 12,2 |
Utgifter under programkategori 06.40 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2023 | Saldert budsjett 2024 | Forslag 2025 | Endring i pst. |
440 | Politiet | 22 471 662 | 22 670 106 | 25 543 066 | 12,7 |
441 | Politidirektoratet | 403 974 | 382 659 | 383 084 | 0,1 |
442 | Politihøgskolen | 691 727 | 689 124 | 713 726 | 3,6 |
443 | Påtalemyndigheten i politiet | 1 527 436 | 1 508 500 | 1 642 655 | 8,9 |
444 | Politiets sikkerhetstjeneste (PST) | 1 617 562 | 1 534 912 | 1 812 712 | 18,1 |
445 | Den høyere påtalemyndighet | 355 291 | 386 124 | 393 959 | 2,0 |
446 | Den militære påtalemyndighet | 10 680 | 9 829 | 235 | -97,6 |
448 | Grensekommissæren | 6 429 | 6 418 | 6 571 | 2,4 |
Sum kategori 06.40 | 27 084 761 | 27 187 672 | 30 496 008 | 12,2 |
Innleiing
Programkategori 06.40 omfattar løyvinga til politiet, Politidirektoratet (POD), Politiets tryggingsteneste (PST) og Den høgare påtalemakta.
Innanfor justissektoren er det særleg måla om låg kriminalitet, rettstryggleik og tryggleik i samfunnet som er sentrale for verksemdene i programkategorien. Politiet har òg oppgåver for å nå målet om kontrollert og berekraftig innvandring. Verksemdene i programkategorien er ansvarlege for grunnleggjande funksjonar i samfunnet. Befolkninga skal kunne ha høg tillit til at desse oppgåvene blir tekne hand om på ein god måte. Oppgåveløysinga skjer i eit samvirke med andre statlege og private aktørar, med kommunale etatar, med det sivile samfunnet og med internasjonale partnarar.
Prioriteringar i 2025
Endra tryggingspolitisk situasjon
Den tryggingspolitiske situasjonen i Europa er varig endra. Russlands angrepskrig mot Ukraina held fram, og konflikten i Midtausten har eskalert. Dette påverkar det nasjonale trusselbiletet. Førebygging og handtering av truslar mot nasjonal tryggleik er eit viktig arbeid for politiet, PST og påtalemakta også i 2025, og krev at ein rettar merksemda mot fleire utfordringar samstundes.
For å underbyggje arbeidet har det bl.a. blitt straffbart å samarbeide med framand etterretning om påverknadsverksemd, jf. Lovvedtak 62 (2023 2024).
Regjeringa foreslår også å auke løyvinga på PSTs driftsbudsjett med 255 mill. kroner.
Som ledd i arbeidet mot framande statars etterretningsaktivitet innførte regjeringa ytterlegare innstrammingar i regelverket for russiske fiskefartøy. Endringane i regelverket trådde i kraft 1. august. Regjeringa har òg avgjord at kontrollaktiviteten og nærværet skal forsterkast og foreslår derfor 60 mill. kroner til arbeidet som ein del av den totale løyvingsauka til politiet og PST.
I tillegg vil Justis- og beredskapsdepartementet i samarbeid med departementa det vedkjem, gjennomgå den nasjonale kontraterrorstrategien for å sikre at prioriteringane på feltet er riktige, bl.a. sett opp mot utfordrings- og trusselbiletet og oppfølginga av utvalet etter skytinga 25. juni 2022.
Gjengpakke 2: kriminelle nettverk, kriminelle gjengar og organisert kriminalitet
Politiet sin innsats mot kriminelle nettverk, kriminelle gjengar og organisert kriminalitet, må rettast mot dei kriminelle nettverka som til kvar tid utgjer den størst trusselen mot samfunnet. Ved prioriteringar på feltet må ein sjå hen til trusselbiletet og til føringane for straffesaksfeltet frå Riksadvokaten.
Politiet skal bidra til trygge lokalsamfunn og tryggleik i det digitale rommet ved å førebyggje, avdekke, stanse og straffeforfølgje kriminelle handlingar. Dei kriminelle blir meir profesjonelle, dei samarbeider internasjonalt, og dei utgjer ein alvorleg trussel mot den alminnelege tryggleiken i samfunnet. Kriminelle nettverk og gjengar representerer ei stor utfordring, bl.a. gjennom rekruttering av unge personar til kriminelle miljø. Kriminelle nettverk og gjengar kan også utøve kriminalitet på vegner av andre statar (også kalla proxy-aktørar) for å gjennomføre valdshandlingar eller andre tryggleikstruande gjerningar og dermed utgjere ein del av trusselbiletet mot den nasjonale tryggleiken.
Politiet vart styrkt med 1 635 mill. kroner i revidert nasjonalbudsjett for 2024. Løyvinga gjekk til både auka grunnløyving og styrkt innsats mot kriminelle nettverk, kriminelle gjengar og organisert kriminalitet. Regjeringa følgjer opp den løyvinga med gjengpakke 2 og foreslår å auke løyvinga til politiet og påtalemakta i politiet med totalt 2 462 mill. kroner, og 1 800 mill. kroner av dette er ein vidareføring frå revidert nasjonalbudsjett. Regjeringa foreslår 600 mill. kroner til å vidareføre styrkinga av politiet sin kompetanse og kapasitet til å kjempe mot kriminelle nettverk, kriminelle gjengar og organisert kriminalitet, og 90 mill. kroner foreslås til å styrke arbeidet til politiet mot kvitvaskings- og korrupsjonskriminalitet. Det vil styrke politiet sin kompetanse og kapasitet til å etterforske og straffeforfølgje saker om økonomisk kriminalitet. Dette heng tett saman med arbeidet mot organisert kriminalitet. Regjeringa foreslår òg midlar til å førebygge barne- og ungdomskriminalitet, bl.a. 34 mill. kroner til å etablere eit hurtigspor for behandling av straffesaker i Oslo der gjerningspersonen er under 18 år. 5 mill. kroner av dette forslaget er inkludert i forslaget om auka grunnfinansiering til politiet. Sjå òg omtale i kap. 430.
For å sikre at politiet kan nytte midlane fullt ut i arbeidet mot kriminelle nettverk, foreslår regjeringa at den resterande auka på 1 772 mill. kroner går til å vidareføre styrkinga av grunnfinansieringa av politiet og påtalemakta i politiet. Bl.a. foreslår regjeringa at 232 mill. kroner av auka skal gå til politidistrikta og leggje til rette for auka politibemanning, hovudsakeleg i dei geografiske driftseininga. Midlane skal òg gå til å styrke arbeidet mot grensekryssande kriminalitet i Innlandet politidistrikt og til å auke operativ evne i rytterkorpset og hundetenesta ved Oslo politidistrikt. Påtalemakta er eit viktig ledd i etterforskinga av kriminalitet, og regjeringa foreslår at 40 mill. kroner av grunnfinansieringa går til auka løyving til påtalemakta.
Vald i nære relasjonar og seksuelle overgrep er alvorleg kriminalitet som skal prioriterast høgt i heile straffesakskjeda, frå førebygging til straffegjennomføring. Regjeringa har derfor lagt fram ein opptrappingsplan mot vald og overgrep mot barn og vald i nære relasjonar for perioden 2024–2028. I revidert nasjonalbudsjett 2024 vart Statens barnehus styrkt med 6 mill. kroner. Som ein del av grunnfinansieringa av politiet foreslår regjeringa tiltak til førebygging mot vald og overgrep og vald i nære relasjonar. Regjeringa foreslår å varig auke løyvinga til Statens barnehus med 20 mill. kroner, bl.a. til å legge til rette for å etablere underavdelingar av eksisterande barnehus i Kristiansund og Harstad. I tillegg foreslår regjeringa at 46 mill. kroner av grunnfinansieringa til politiet nyttast til auka bruk av omvend valdsalarm (besøksforbod med elektronisk kontroll). Som ein del av opptrappingsplanen foreslår regjeringa også 20 mill. kroner til å fortsette utrullinga av ein tverrfagleg modell for å førebyggje vald i nære relasjonar, etter modell frå RISK i Oslo politidistrikt, i distrikta Sør- Øst, Sør- Vest og Nordland.
Digitalisering i politiet
Eit sentralt funn i Riksrevisjonen si undersøking av digitaliseringa i politiet, som vart behandla i Stortinget 29. februar 2024, er at det digitale etterslepet i politiet er stort, og at mange av systema som er avgjerande for verksemda, er gamle. Dette etterslepet er opparbeidet over mange år. Riksrevisjonens undersøkelsesperiode er frå 2014-2023. Etterslepet avgrensar moglegheitene som den teknologiske utviklinga gir til å auke kvaliteten og effektiviteten i oppgåveløysinga. Ein del av den auka løyvinga på 1 772 mill. kroner til grunnfinansieringa av politiet skal bl.a. gå til å sikre sikker og stabil drift av IT-systema, som er eit av dei viktigaste verktøya i oppgåveløysinga til politiet. Det trengst eit digitalt løft og omstilling over tid. Dette er avgjerande, både for å sikre god operativ evne, meir effektiv kamp mot kriminalitet og adekvat beredskap, og for å kunne yte betre tenester til innbyggjarane.
For å sikra at digitaliseringa i politiet ressurssettast og styrast på ein god måte, har Politidirektoratet vedteke ein ekstern gjennomgang av styringa av IT i politiet.
Kap. 440 Politiet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2023 | Saldert budsjett 2024 | Forslag 2025 |
01 | Driftsutgifter, kan nyttast under kap. 441, post 01 og kap. 443, post 01 | 21 421 408 | 21 244 548 | 24 024 498 |
22 | Søk etter antatt omkomne, kan overførast | 4 282 | 7 306 | 7 584 |
23 | Sideutgifter i forbindelse med sivile gjøremål | 22 591 | 28 053 | 29 119 |
25 | Variable utgifter ved ankomst, mottak og retur i politiets utlendingsforvaltning | 223 694 | 200 184 | 191 963 |
45 | Større utstyrsanskaffelser og vedlikehold, kan overførast | 192 170 | 12 617 | 34 085 |
46 | Investeringer i Schengen IT-systemer, kan overførast | 300 108 | 195 294 | 350 002 |
48 | Tildeling fra EUs grense- og visumfinansieringsordninger, kan overførast | 13 355 | 209 210 | 147 310 |
70 | Tilskudd | 53 520 | 53 853 | 54 861 |
71 | Tilskudd Justismuseet | 8 413 | ||
73 | Internasjonale forpliktelser, mv., kan overførast | 231 497 | 713 041 | 703 644 |
74 | Midlertidig destruksjonspant for enkelte typer halvautomatiske rifler | 624 | 6 000 | |
Sum kap. 440 | 22 471 662 | 22 670 106 | 25 543 066 |
Politiet skal gjennom førebyggjande, handhevande og hjelpande verksemd vere eit ledd i den samla innsatsen i samfunnet for å fremme og sikre tryggleiken, rettstryggleiken og den alminnelege velferda elles for borgarane, jf. politilova § 1. Politidirektoratet leier politiet og har ansvaret for fagleg leiing, styring, oppfølging og utvikling i heile etaten, med dei avgrensingane som følgjer av at riksadvokaten har det faglege overordna ansvaret for all straffesaksbehandling, sjå nærmare omtale under kap. 445 Den høyere påtalemyndighet.
Politidirektoratet har til saman 21 underliggjande einingar:
tolv politidistrikt
fem særorgan med nasjonale oppgåver: Kripos, Økokrim, Politiets utlendingseining, Utrykkingspolitiet og Politihøgskolen
fire andre underliggjande einingar: Politiets fellestenester, Politiets IT-eining, Nasjonalt ID-senter og Grensekommissariatet
Enkelte delar av politiet har eigne budsjettkapittel: kap. 441 Politidirektoratet, kap. 442 Politihøgskolen, kap. 443 Påtalemyndigheten i politiet og kap. 448 Grensekommissæren.
Sjå òg omtale av PST under kap. 444 og Riksadvokaten under kap. 445.
31. desember 2023 var den totale bemanninga i politiet 18 323 årsverk, av desse var 14 833 i politidistrikta.
Heilskapleg styring av politiet
Regjeringa har satt i gang eit arbeid med å forbetre styringa av og i politiet. Dette har vore viktig i ein situasjon med høg prisstigning, auka kostnader og ein betydeleg endra tryggingspolitisk situasjon. Situasjonen førar til at nye og forsterka truslar treffer Noreg samstundes.
I samband med dette har regjeringa gjennomført ein områdegjennomgang av budsjettsituasjonen og økonomistyringa i politiet.
Sentrale forbetringsområde i områdegjennomgangen knyter seg til behovet for meir langsiktig og overordna styring av og i politiet, og behovet for betre styringsinformasjon. Meir langsiktig og overordna styring av verksemdene handlar grunnleggjande om å leggje til rette for at aktivitetane i politiet på ein ressurseffektiv måte løyser samfunnsoppdraget. Dette krev kunnskap om framtidige utviklingstrekk, utfordringar og moglegheiter, og dessutan kunnskap om korleis ulike tiltak og løyvingar påverkar måloppnåinga for politiet. Områdegjennomgangen tilrår mellom anna at styringa i større grad enn i dag bør vektleggje brukar- og samfunnseffektar, og at politiet i større grad enn i dag får rammevilkår som sikrar større råderett over eigne ressursar. Eit høve på dette er at ein tidlegare har styrt etter eit mål om 2 polititenestepersonar per 1000 innbyggjarar. Områdegjennomgangen påpeiker at dette har våre ei uheldig detaljstyring.
Justis- og beredskapsdepartementet vil leggje til rette for ei meir langsiktig og heilskapleg styring av politiet. Samstundes må det stilles klare krav om at politiet innrettar ressursane best mogleg for å løyse kriminalitetsutfordringane og tryggje befolkninga.
Politiet løyser eit breitt og komplekst samfunnsoppdrag gjennom dyktige medarbeidarar med ulike kompetansebakgrunnar, og med stadig større bruk av ulike teknologiske verkemiddel, i tillegg til eit breitt spekter av utstyr og materiell. Politiet utøver sitt virke i eit samfunn og eit utfordringsbilete som er i rask endring. Politiet må derfor kontinuerleg utvikle seg for å vareta samfunnsoppdraget sitt. Samtidig tek det mange år å byggja kapasitetar, fagmiljø og kompetanse i ei stor verksemd som politiets. Det er derfor behov for at styringa og utviklinga av politiet har eit langsiktig perspektiv som er forankra i utfordringsbiletet, samstundes som politiet må ha evne til å tilpasse seg et endra trusselbilete. Den vidare oppfølginga av dette vil regjeringa komme tilbake til etter framlegginga av totalberedskapsmeldinga.
Departementet har prioritert å følgja opp tiltak som bidreg til å byggja fundamentet for å kunne etterkomma forbetringsområda til områdegjennomgangane. Dette er høvesvis å sørgja for meir systematisk bruk av budsjett- og ressursanalysar, å aktivt utnytte moglegheiter for betre styringsinformasjon gjennom ny økonomimodell og statlege rekneskapsstandardar (SRS), og endeleg, meir målretta bruk av forsking og utvikling for å vurdera effektar av ulike tiltak og satsingar, som bl.a. også vil vere viktig for å kunna vurdera om ressursutnyttinga og produktiviteten er god. Vidare har Politidirektoratet byrja på eit arbeid for å styrkje den faglege rolla si i styringa og utviklinga av politiet, inkludert relevante kunnskapsgrunnlag. I samarbeid med Politidirektoratet skal Justis- og beredskapsdepartementet vidareutvikle styrings- og planprosessar som sørgjer for at dette kunnskapsgrunnlaget blir omsette og brukte i både budsjettarbeidet, etatsstyringa og som ledd i det meir langsiktige arbeidet for utviklinga av politiet.
Dette arbeidet vil bidra til å svare ut justiskomiteens innstilling om å leggje til rette for fleirårige planar for politiet, jf. Innst. 412 S (2023–2024).
Ein langsiktig plan for styringa av politiet må rettast slik at den innehar ein fleksibilitet for å møte framtida og eit trussel – og tryggleiksbilete i stadig endring. Planen må heile tida kunne tilpassast seg endringar i kriminalitets – og trusselbilete og øvrige utviklingstrekk i samfunnet, til dømes den teknologiske utviklinga. Dette krev nærmare vurdering, for å sikre at intensjonen og målsettinga blir nådd. Regjeringa vil kome nærmare tilbake til korleis den sivile beredskapen skal sjåast i samanheng med styringa av politiet etter framlegginga av Totalberedskapsmeldinga.
Stortinget ber regjeringa setje ned eit politirolleutval, jf. Innst. 412 S (2023–2024). Eit politirolleutval kan bidra med viktige innspel til spørsmål rundt rolla til politiet og oppgåveløysing i lys av behova og venta utvikling i samfunnet. Det vil derfor kunne vere naturleg å sjå politirolleutvalet i samanheng med arbeidet til regjeringa med å leggja til rette for ein meir langsiktig og heilskapleg styring av politiet.
Beredskap og krisehandtering
Politiet har måtte tilpasse seg eit krevjande og komplekst trusselbilete med høgare krav til beredskap i lys av den varig endra tryggingspolitiske situasjonen i Europa og auken i talet på fordrivne frå Ukraina. Politiet si oppgåveløysing skjer i eit breitt samvirke med andre aktørar, og politiet bruker betydelege ressursar på støtte til offentlege og private aktørar, territorialkontroll, overvaking, innhenting av informasjon og førebyggjande tiltak mot ulike former for kriminalitet. Politiet har ei viktig rolle i å byggje og å oppretthalde motstandskraft i samfunnet og er ein viktig aktør i totalforsvaret. Dette vil omtalast nærmare i regjeringa si stortingsmelding om totalberedskap. Sjå nærmare omtale om meldinga i del 1 og under programkategori 06.50.
Ei av dei viktigaste oppgåvene til politiet er å trygge samfunnet og innbyggjarane. Saman med andre aktørar skal politiet førebyggje kriminalitet og ulukker og agere raskt, kompetent og samordna når slike hendingar likevel skjer. Innbyggjarundersøkinga til politiet for 2023 viser at tilliten befolkninga har til politiet framleis er høg i Noreg og på same nivå som i 2022.
God samhandling mellom nødetatane er avgjerande for god beredskap.
Samarbeidet mellom Politidirektoratet og Helsedirektoratet har i 2024 ført til etablering av lokale samarbeidsavtalar og klargjering av ansvar og oppgåver i samarbeidet mellom helsetenestene og politiet knytt til psykisk sjuke.
Politidirektoratet fekk i 2022 i oppdrag å utarbeide ei konseptvalutgreiing for ei langsiktig løysing for luftkapasitetane til politiet. Utgreiinga vart levert til Justis- og beredskapsdepartementet i desember 2023. Ho har gjennomgått ekstern kvalitetssikring som vart ferdig i juni 2024, og departementet vurderer no den vidare oppfølginga.
Politidirektoratet leverte hausten 2024 ei evaluering av effekten av Politiets nasjonale beredskapssenter. Hovudmålet med evalueringa var å vurdere den nasjonale effekten av etableringa av senteret. Justis- og beredskapsdepartementet vil gjennomgå rapporten og vurdere vidare oppfølging.
Etter eit vellukka prøveprosjekt er det no etablert dronekapasitet i alle politidistrikta. Dronar er ei spesialistteneste som ikkje er sentralisert, og som er tilgjengeleg i politiets daglege teneste i heile landet. Dronane bidrar med søk og lokalisering, observasjons- og formidlingsteneste og dessutan funn av gjerningspersonar. Politiets dronar har det siste året bidratt til å finne 50 personar i søk- og redningsoppdrag. I fleire av desse oppdraga har dronar bidratt til å finna personar og redda liv.
Dagens driftsavtale for Nødnett går ut i 2026. Regjeringa foreslår derfor å forlenge kontrakten. Dagens Nødnett fungerer godt, men det er basert på utgåande teknologi og må på sikt bli erstatta av ei ny løysing for nød- og beredskapskommunikasjon for å halde ved lag og vidareutvikle beredskapen og handteringsevna til nød- og beredskapsetatane. Sjå nærmare omtale i del 1 og under programkategori 06.50.
Politiet er ansvarleg for befolkningsvarsling ved bruk av Nødvarsel i fredstid ved ekstraordinære hendingar eller kriser. Arbeidet med etablering av Nødvarsel som sendes ut via mobilnetta er ferdigstilte og gått over i ordinær drift og forvaltning. Sjå næmare omtale under programkategori 06.50.
Radikalisering og ekstremisme
Radikalisering, valdeleg ekstremisme og terror er vedvarande truslar, både for Noreg og internasjonalt. Terrortrusselnivået i Noreg har dei siste åra vore på moderat nivå, men utfordringsbiletet er i stadig endring, og terrortrusselen mot Noreg er reell. I 2024 vurderer PST trusselen frå ekstreme islamistar som noko meir alvorleg enn trusselen frå høgreekstremistar. Innsatsen mot radikalisering og valdeleg ekstremisme og terrorisme er breitt innretta, og mange sektorar har eit ansvar for tidleg førebyggjande innsats.
Som del av oppfølginga etter 25. juni-skytinga har politiet sett i verk ei rekkje tiltak for å møte tilrådingane i evalueringa, bl.a. tiltak for å auke kompetansen om radikalisering og valdeleg ekstremisme, å betre samhandlinga og dialogen mellom politiet og Politiets tryggingsteneste (PST) og å betre samhandlinga og dialogen mellom politiet og trusselutsette grupper og miljø. Vidare vart Nasjonalt kunnskapssenter om vald og traumatisk stress (NKVTS) i revidert nasjonalbudsjett for 2024 styrkt med 4 mill. kroner for å gjennomføre ein forskingsstudie i samarbeid med Støttegruppa 25. juni om dei som vart ramma av skytinga 25. juni 2022. Formålet med studien er å skaffe kunnskap om samanhengen mellom samfunnsrespons, konsekvensar og samfunnstryggleik over tid etter terror.
Schengen-IT-systema i politiet
For å kjempe betre mot grensekryssande kriminalitet, terror og ulovleg migrasjon, er det sett i gang eit omfattande utviklingsarbeid i Schengen-samarbeidet. Eit viktig tiltak er å utvikle og implementere fleire felleseuropeiske IT-system for styrkt grensekontroll, betre deling av informasjon og større tryggleik. Utviklinga i Noreg skjer primært i politiet og Utlendingsdirektoratet (UDI).
Endringane i lov om Schengen informasjonssystem (SIS) som følgje av nye EU-forordningar, som tredde i kraft våren 2023, og tilhøyrande endringar i IT-system og arbeidsprosessar, har mellom anna ført til raskare saksbehandling og styrkt kontroll på returområdet. Fleire endringar og vinstar av Schengen-IT-systema er venta framover.
Det vart i statsbudsjettet for 2023 vedteke ei felles kostnadsramme på 2 187 mill. kroner (2023-kroner inkl. mva.) for fire av desse utviklingsprosjekta i politiet og UDI knytte til IT-systema Schengen Information System (SIS), Visa Information System (VIS), European Asylum Dactyloscopy (Eurodac) og Interoperabilitet, jf. Innst. 6 S (2022–2023). I tillegg er det gitt løyvingar til utviklingsprosjekta Entry/Exit System (EES) og European Travel Information and Authorization System (ETIAS) sidan 2020, jf. Prop. 1 S for Justis- og beredskapsdepartementet (2019–2020).
Løyvinga til politiet som gjeld Schengen-IT-systema, er nærmare omtalt under post 46 Investeringer i Schengen-IT-systemer. Sjå òg omtale under post 48 Tildeling fra EUs grense- og visumfinansieringsordninger og kap. 490 Utlendingsdirektoratet.
Kriminelle nettverk, kriminelle gjengar og organisert kriminalitet
Kriminelle nettverk og gjengar representerer ei stor utfordring, bl.a. gjennom rekruttering av unge personar til kriminelle miljø. Gjennom integritetskrenkingar og andre lovbrot bidrar desse miljøa til å skape utryggleik i befolkninga og lokalsamfunnet. Samstundes representerer dei kriminelle nettverka ei ueinsarta persongruppe. Det dreier seg dels om tunge multikriminelle aktørar, og dels om særleg risikoutsett ungdom på terskelen til ei kriminell løpebane. Personar som gjer seg skuldige i alvorleg kriminalitet, skal møtast med kontant straffeforfølging og tilstrekkeleg strenge straffepåstandar. I det førebyggjande sporet er det viktig med tidleg intervensjon og samarbeid med andre relevante aktørar som har eigna verkemiddel.
Regjeringa fortsett den målretta satsinga og foreslår å vidareføre den auka løyvinga frå revidert nasjonalbudsjett 2024 til styrkinga av politiet sin kompetanse og kapasitet til å kjempe mot kriminelle nettverk, kriminelle gjengar og organisert kriminalitet med totalt 600 mill. kroner. Midlane skal bidra til at politiet kan avdekke kriminelle handlingar og betre identifisere kriminelle nettverk, aktørane i og rundt nettverk og kriminalitet dei utfører. Politiet skal òg få auka kapasitet til å etterforske og føre kriminalitet for retten. Midlane skal i tillegg føre til auka inndraging av utbytte frå den kriminelle økonomien, hindre auka rekruttering til kriminelle nettverk og styrke det internasjonale arbeidet for å redusere grensekryssande kriminalitet.
Cyberkriminalitet
Cyberkriminalitet er kriminalitet mot datasystem (cyberretta) og kriminalitet som er støtta av datasystem (cyberstøtta). Døme på det første er utpressing og skadeverk ved datainnbrot eller datatjuveri. Døme på det andre er bruk av datasystem til å utføre seksuallovbrot og økonomisk kriminalitet som bedrageri og kvitvasking.
Cyberkriminaliteten har stor geografisk spreiing og rammar både enkeltpersonar, t.d. i form av bedrageri og seksuallovbrot, og verksemder, t.d. i form av datainnbrot, datatjuveri og løysepengevirusangrep.
Det overordna biletet er tilnærma eintydig og viser at det blir meir cyberstøtta kriminalitet. Det er registrert auka digital støtte innan fleire alvorlege kriminalitetsområde, som seksuallovbrot, økonomisk kriminalitet, organisert kriminalitet, datainnbrot og datatjuveri.
Den profittmotiverte cyberkriminaliteten utførast ofte av organiserte kriminelle grupper, og digitale bedrageria utgjer ein stor del av den økonomiske kriminaliteten. Forslaget om auka løyving til politiet for å kjempe mot den organiserte og økonomiske kriminaliteten vil også omfatte cyberkriminaliteten. Politiet skal arbeide vidare med å utvikle evna til å avdekke, førebyggje og avverje cyberkriminalitet og straffeforfølgje kriminelle gjennom etterforsking og påtale. Politiet skal vidareføre samarbeid med private verksemder, andre land og akademia for å kjempe mot cyberkriminalitet.
Økonomisk kriminalitet
Velferdsstaten er i stor grad finansiert gjennom skattar og avgifter på inntekt, forbruk og formue. Gjennom økonomisk kriminalitet, irekna kvitvasking, arbeidslivskriminalitet, fiskerikriminalitet og annan kriminalitet som gjeld økonomi, blir store beløp som kunne ha komme samfunnet til gode, unndrege frå skattlegging. Økonomisk kriminalitet bidrar til å undergrave dei etablerte samfunnsstrukturane. Slik kriminalitet, som t.d. bedrageri på internett, har òg stor verknad for enkeltindivid.
Både politiet og bankane registrerer ein markant auke i talet på bedrageri, og bruk av IT (cyberstøtta) er ein komponent i nær 70 pst. av melde bedrageri. Ifølgje Økokrim har politiet og bankane registrert ein kraftig auke av denne typen bedrageri. Omfanget er no så stort at Økokrim meiner det grensar til å vere eit samfunnstryggleiksproblem. Både privatpersonar, organisasjonar og bedrifter lid store økonomiske tap. I trusselvurderingene frå politiet er det forventa at bedrageri vil halde fram med å auke i omfang, og at folk i alle aldrar og samfunnslag vil rammast i kommande år. Økokrim rapporterer at fleire sikta i norske bedragerisaker kan knytast til organiserte kriminelle nettverk som også er involverte i narkotika- og valdskriminalitet.
Stortingsmelding 15 (2023–2024) Felles verdier – felles ansvar om førebygging og motverking av økonomisk kriminalitet inneheld ei rekkje tiltak som er meinte å leggje grunnlaget for den vidare politikken på dette området. Tiltaka skal følgjast opp over ein periode på fire år, men allereie no er det viktig å sette i gang konkrete tiltak. Eit av dei prioriterte tiltaka er at Økokrim skal styrkast, slik at dei blir betre i stand til å handtere den aukande mengda rapportar om mistenkjelege transaksjonar som dei får frå rapporteringspliktige etter kvitvaskingslova. Eit anna av dei prioriterte tiltaka er at øko- og miljøseksjonane i politidistrikta skal styrkast, slik at dei kan heve kompetansen og kapasiteten på feltet. Arbeidet for å inndra meir utbytte frå dei kriminelle blir svært viktig, også for å motverke organisert kriminalitet. Regjeringa foreslår derfor å styrke arbeidet mot kvitvasking og korrupsjon med 90 mill. kroner som ei oppfølging av stortingsmeldinga. Styrkinga av politiet sin kompetanse og kapasitet til å etterforske og straffeforfølgje saker om økonomisk kriminalitet supplerer innsatsen mot organisert kriminalitet. Midlane skal òg gå til betre bruk av finansiell etterretning i politiet og kontrolletatane, styrking av Økokrim og auka kontroll og tilsyn.
Det krevst samordna innsats frå ei rekke offentlege myndigheiter for å førebygge og få bukt med arbeidslivskriminalitet. Det er organisert eit tverretatleg samarbeid mellom Arbeidstilsynet, Arbeids- og velferdsetaten, Skatteetaten og politiet. Sjå Arbeids- og inkluderingsdepartementets fagproposisjon for nærmare omtale.
Vald og overgrep mot barn og vald i nære relasjonar
Vald i nære relasjonar og seksuelle overgrep er alvorleg kriminalitet og blant dei lovbrota som skal prioriterast høgt i heile straffesakskjeda, frå førebygging til straffegjennomføring. Arbeidet for å førebyggje og kjempe mot vald og overgrep krev koordinert tverrdepartemental og tverrsektoriell innsats. Regjeringa har derfor lagt fram ein opptrappingsplan mot vald og overgrep mot barn og vald i nære relasjonar for perioden 2024–2028, der ni departement har bidratt. Planen inneheld over 100 tiltak som skal bidra til betra førebygging og vern, avdekking av fleire saker og dessutan betra varetaking av personar som har vore utsette for vald og overgrep. Vald og overgrep i samiske samfunn er gitt ein eigen omtale i planen. Det er under etablering eit eige barnehustilbod tilrettelagt for samiske barn i Karasjok. Regjeringa foreslår at 20 mill. kroner av grunnfinansieringa til politiet går til å fortsette utrullinga av ein tverrfagleg modell for å førebyggje vald i nære relasjonar, etter modell frå RISK i Oslo politidistrikt, i distrikta Sør-Øst, Sør-Vest og Nordland. Nokre barn har svært lang veg til barnehusa. For barn som har vært utsatt for, eller vært vitne til, vald og overgrep er lang reiseveg ei stor tilleggsbelastning. Regjeringa foreslår derfor at 20 mill. kroner av grunnløyvinga til politiet går til å styrke barnehusa og til å opprette underavdelingar av eksisterande barnehus. I 2025 vil det bli lagt til rette for etablering av underavdelingar i Kristiansund og Harstad.
Den førebyggjande verksemda, etterforskinga og straffeforfølginga til politiet står sentralt i planen. For eit ytterlegare styrkt kunnskapsgrunnlag om vald i nære relasjonar har regjeringa etablert ein partnardrapskommisjon ved Statens sivilrettsforvaltning. Ein tek sikte på at kommisjonen startar arbeidet sitt rundt årsskiftet 2024/2025.
Samarbeid med dei som tilbyr tenester på internett, er viktig for å førebyggje internettrelaterte overgrep mot barn. Regjeringa vil sjå på korleis kontakt med barn på internett for seksuelle formål kan avdekkast, stansast og etterforskast meir effektivt. Europakommisjonen har lagt fram eit forslag til forordning om at dei som tilbyr tenester på internett, skal rapportere ved mistanke om kriminelle handlingar mot barn. Forslaget inkluderer òg eit initiativ til eit europeisk senter som skal koordinere arbeidet. Reglane er merkte som EØS-relevante og politiet må starta opp arbeidet med å planlegge innføringa av regelverket allereie i 2025. Regjeringa vil sjå nærmare på reglane og på ei nasjonal løysing.
Nærvær og tilgjengelegheit
Det er ei viktig oppgåve for regjeringa å arbeide for at kriminalitet ikkje skjer, og at innbyggjarane opplever tryggleik, god rettstryggleik og tilgjengelege tenester i heile landet og i det digitale rommet. Politiet må vere tilgjengeleg for befolkninga for å skape tryggleik. I oktober 2023 la regjeringa fram handlingsplanen Trygghet i hverdagen. Handlingsplanen peikar ut ei tydeleg retning for eit politi som er til stades for – og i – lokalsamfunn i heile landet, og som kan bidra til å skapa tryggleik og førebyggje kriminalitet der folk bur. Planen omfattar ei rekkje tiltak som er satt i gang, bl.a. oppretting av nye tenestestader, styrka bemanning ved eksisterande tenestestader, og oppretting av nye passkontor.
I 2024 fekk politiet 35,5 mill. kroner i auka løyving til å opprette ti nye tenestestader. Heilårseffekten av forslaget er 63 mill. kroner. Politiet er i hovudsak i rute i arbeidet med å etablere til saman 20 nye tenestestader. Tenestestadene i nokre kommunar kan bli forseinka på grunn av utfordringar med å finne og tilpasse lokale i tide.
Regjeringa foreslår å vidareføre den auka løyvinga til politiet frå revidert nasjonalbudsjett 2024 på 1 800 mill. kroner og totalt auke løyvinga til politiet og påtalemakta i politiet med 2 462 mill. kroner. For å sikre at politiet kan nytte midlane fullt ut i arbeidet mot kriminelle nettverk, foreslår regjeringa at dei resterande midlane på 1 772 mill. kroner skal gå til å vidareføre styrkinga av grunnfinansieringa av politiet og påtalemakta i politiet. 232 mill. kroner av auka skal fordelast til politidistrikta og leggje til rette for auka politibemanning, hovudsakeleg i de geografiske driftseiningane. Regjeringa bygger en felles svensk-norsk politistasjon på Magnormoen som blir opna i 2025. Politistasjonen vil styrke og effektivisere det operative og strategiske samarbeidet mellom norsk og svensk politi i grenseområda. Stasjonen har vore i drift sidan juni 2022 i mellombelse lokale. For å kjempe mot grensekriminalitet og leggje til rette for eit godt samarbeid med svensk politi foreslår regjeringa at 20 mill. kroner av auka går til Innlandet politidistrikt for å bemanne grensepolitistasjonen og styrke innsatsen mot grensekryssande kriminalitet. Regjeringa foreslår vidare 15 mill. kroner til auka operativ evne i rytterkorpset og hundetenesta ved Oslo politidistrikt. Midlane til Innlandet politidistrikt og Oslo politidistrikt er friske midlar som kjem i tillegg til den ordinære løyvinga som fordelast politidistrikta av Politidirektoratet. Det er vidare naudsynt å auke bruken av omvend valdsalarm (bruk av elektronisk kontroll) i politiet og kriminalomsorga, som regjeringa innførte nye reglar for i 2024, for å styrke vernet om dei som er utsett for vald og truslar. Regjeringa foreslår at 46 mill. kroner av løyvinga dekker utgiftene politiet og kriminalomsorga har til dette, der 13 mill. kroner er ein vidareføring frå revidert nasjonalbudsjett.
Den foreslåtte grunnfinansieringa skal òg bidra til at politiet kan sikre sikker og stabil drift av IT-systema sine. Politiet heng etter med digitaliseringa av tenester og arbeidsprosessar. Det er heilt nødvendig at politiet prioriterer dette arbeidet for å forhindre at systema bryt saman, eller at dei ikkje evnar å avdekke sårbarheiter og ev. dataangrep. Dette er avgjerande både for å sikre god operativ evne, meir effektiv kamp mot kriminalitet og adekvat beredskap og for å få betre tenester til innbyggjarane. Arbeidet med digitalisering i politiet er omfattande. Regjeringa har derfor sett i gang ei utgreiing for å vurdere korleis ein kan gjennomføre ei styrking av digitaliseringsarbeidet i politiet.
Straffesaksbehandling
Dei allmenne måla for behandling av straffesaker er høg kvalitet, høg oppklaringsprosent, kort behandlingstid og adekvat reaksjon.
Politiet har redusert restansane på straffesaksfeltet dei siste åra. Rask saksbehandling må likevel ikkje gå på kostnad av adekvat kvalitet på etterforskinga og påtalebehandlinga. Det er utfordringar knytte til resultata. Særleg gjeld dette låg og fallande oppklaringsprosent for enkelte av dei kriminalitetstypane som skal vere prioriterte etter riksadvokatens mål og prioriteringsskriv, bl.a. vald og seksuallovbrot, mishandling og vald i nære relasjonar og grovt bedrageri. Det er òg til dels store variasjonar i oppklaringsprosent mellom politidistrikta for dei same kriminalitetstypane. I den siste evalueringa si av nærpolitireforma peikar Direktoratet for forvaltning og økonomistyring (DFØ) på for dårleg kapasitet og kompetanse i arbeidet mot organisert, økonomisk og digital kriminalitet. Tilsvarande utfordringar er har Riksrevisjonen påpeikt i fleire av rapportane sine dei siste åra. I den vidare overordna oppfølginga har Riksadvokatembetet ansvaret for å analysere og tilrå tiltak som kan forbetre kvaliteten i straffesaksbehandlinga. Politidirektoratet har hovudansvaret for at normer, krav, mål og prioriteringar frå riksadvokaten kan realiserast i politidistrikta på ein mest mogleg effektiv og hensiktsmessig måte gjennom ressursallokering, organisering og kompetansehevande tiltak.
Som omtalt i stortingsmeldinga om økonomisk kriminalitet er det viktig å snu den mangeårige nedgangen i talet på etterforska lovbrot som gjeld økonomisk kriminalitet. Inndraging av utbytte er eit sentralt verkemiddel mot alle former for profittmotivert kriminalitet. Inndragingseininga ved Økokrim bidrar med kompetansehevande tiltak i politidistrikta for å skape større medvit rundt inndraging i politiet. Det er ei forventning om ein auke i talet på saker der inndraging blir nytta.
Organisert kriminalitet, som alvorleg narkotikaverksemd og annan profittmotivert kriminalitet, utgjer ein alvorleg trussel for enkeltpersonar og samfunnet. Enkelte straffesaker viser at Noreg blir brukt som transittland for transport av narkotika. I tråd med dei sentrale prioriteringane til Riksadvokaten må innsatsen særleg rettast mot bakmannsapparatet, og politiet og påtalemakta må nytte internasjonalt samarbeid.
Den kunnskapsbaserte førebyggjande innsatsen til politiet
Gjennom førebyggjande innsats skal politiet vere i forkant av kriminaliteten og bidra til å redusere førekomsten av kriminalitet. Kriminalitet som blir førebygd, sparer samfunnet for både økonomiske og menneskelege kostnader.
Skal politiet lukkast med det førebyggjande arbeidet sitt, må dei ha god kunnskap om samfunns- og kriminalitetsutviklinga og om årsaker til kriminalitet. Politiet må òg ha god kunnskap om kva tiltak som har effekt. Derfor er det viktig at den kriminalitetsførebyggjande innsatsen til politiet byggjer på fagleg anerkjende prinsipp, og at politiet baserer informasjon og verksemd på det som til kvar tid blir rekna som vitskapleg kunnskap, slik t.d. rolleforståingsutvalet tilrådde i rapporten sin frå januar 2023. Politihøgskulen jobbar med fleire ulike prosjekt som følgjer opp behovet for forsking på området. Men førebygging av kriminalitet er ikkje ei oppgåve for politiet åleine. Fleire aktørar har viktige roller og ansvar i det førebyggjande arbeidet. Svært ofte vil det vere aktørar utanfor politiet som har dei rette verkemidla og tiltaka. Dette krev medvit om rolla og ansvaret til politiet og andre aktørar. Samarbeid gir større kunnskap og eit betre avgjerdsgrunnlag for å setje i verk kunnskapsbaserte tiltak som samla sett gir førebyggjande effekt.
Forvaltningsoppgåver og sivil rettspleie
Forvaltningsoppgåvene til politiet skal sikre innbyggjarane effektive tenester med god kvalitet. Forvaltningsoppgåvene bidrar også til å førebyggje kriminalitet og uønskte hendingar. Førebygging gjennom forvaltning inneber at politiet bruker informasjon dei allereie har, i samhandling med andre fagområde i politiet. Det kan føre til at løyve ikkje blir gitt, eller at løyve blir kalla tilbake frå personar som ikkje lenger fyller vilkåra for å ha løyve (våpen, førarrett, vaktverksemd, pass og ID-kort, brukthandel osv.).
Politiet si pass- og ID-kortforvaltning er viktig for nesten heile befolkninga. Kontrollen med og utferdinga av ID-dokument bidrar til å førebyggje kriminalitet og trygge identiteten til innehavaren. Regjeringa er oppteken av å gi innbyggjarane eit best mogleg tilbod om pass og ID-kort nær der dei bur. I budsjettet for 2024 vart passgebyra auka for bl.a. å dekke kostnadane til 14 nye passkontor. Politiet er i hovudsak i rute i arbeidet med å etablere 14 nye passkontor. I nokre kommunar kan politiet bli forseinka på grunn av flytting til nye lokale. I desse kommunane vil passkontoret bli etablert i dei nye lokala.
God tilgjengelegheit handlar òg om ventetid og opningstid på pass- og ID-kontor. Justis- og beredskapsdepartementet følgjer situasjonen med tilbod av og etterspurnad etter pass og nasjonalt ID-kort og vurderer kontinuerleg tiltak for å sikre god tilgjengelegheit og ei sikker utferding av pass og ID-kort i heile landet. Justis- og beredskapsdepartementet har fastsett nye reglar som òg vil gi utanlandske statsborgarar som har norsk fødselsnummer og rett eller løyve til opphald her, ein rett til å søke om nasjonalt ID-kort når Politidirektoratet har bestemt tidspunktet for lansering. Med ein rett til nasjonalt ID-kort vil også utlendingar som bur her, kunne skaffe seg gyldig legitimasjon med sitt norske identitetsnummer i Folkeregisteret, for enklare tilgang til bl.a. elektronisk identitet og banktenester.
Det blir foreslått å auke gebyret for pass og nasjonalt ID-kort til kostnadsdekkande nivå, som utgjer 800 kroner for pass og nasjonalt ID-kort til vaksne og 480 kroner for pass og nasjonalt ID-kort til barn. I tillegg blir det foreslått å auke gebyret for nødpass til 1 250 kroner.
Politidirektoratet har fått i oppdrag å etablere ei betre og meir effektiv digital våpenforvaltning i samarbeid med Brønnøysundregistera. Det er no mogleg for innbyggjarane å sende inn søknad om både jaktvåpen og sportsvåpen digitalt. Frå 5. juni 2023 er alle politidistrikt kopla på løysinga for jaktvåpensøknader, og frå 4. juni 2024 på løysinga for sportsvåpensøknader. Løysinga inneber at søknader som tidlegare vart behandla manuelt, no i stor grad blir behandla maskinelt. Dette bidrar til redusert saksbehandlingstid. I tida framover vil løysinga utviklast til å inkludere behandling av andre typar søknader. Regjeringa har i Prop. 115 L (2023–2024) lagt fram forslag til endringar i våpenlova som bl.a. inneber at politiet vil kunne heilautomatisere avgjerder etter våpenlova. Blir forslaget vedteke, kan det bidra til å redusere saksbehandlingstida ytterlegare i saker der det ikkje er tvil om utfallet. Proposisjonen inneheld òg eit forslag om endra heimel for gebyr for løyve og godkjenningar etter våpenlova. Endringa opnar for å fastsetje at publikum må betale gebyr sjølv om søknaden blir avslått.
Politiet har òg forvaltningsoppgåver på utlendingsfeltet. Søknader om asyl, opphald og statsborgarskap blir leverte til førstelinja i politiet. I tillegg har politiet ansvar for å transportere ut personar utan lovleg opphald. Krigen i Ukraina er forventa å påverke korleis politiet handterer innkomstar i 2025. I 2023 og 2024 har tilsette i politiet i periodar der det har komme få asylsøkarar, bl.a. jobba med behandling av andre utlendingssaker. Regjeringa foreslår at 75 mill. kroner av den foreslåtte løyvingsauka til politiet går til handtering av innkomstar og registrering av asylsøkarar frå Ukraina. Løyvinga vil føre til redusert registreringskapasitet og kan medføre lengre ventetid for ukrainarar som kommer til Noreg. Løyvinga kan vidare medføre redusert moglegheit til etterarbeid knytt til innkomstane og redusere politiets moglegheit til å vidareføre registreringssenteret som blei oppretta på Gardermoen etter innkomstane auka i 2022. Regjeringa syner til at det er eit mål å redusere innkomstane, og har gjort ein rekke innstrammingar i asylpolitikken, både knytt til Ukrainarar spesielt, og flyktningar generelt. Grunnfinansieringa og auka på 232 mill. kroner til politidistrikta skal nyttast til at politistillingar som er mellombelse til registrering av flyktninger overførast til politidistrikta og blir til faste politistillingar. Krigen er uforutsigbar og anslag knytt til innkomstar er usikre. Regjeringa vil komme tilbake Stortinget ved behov for justeringar.
Gjennom prioritert saksgang for utlendingar som kan utgjere ein alvorleg trussel mot samfunnstryggleiken, samarbeider politiet med PST og utlendingsmyndigheitene om effektiv saksflyt og uttransport i slike saker. Dette er viktig for tryggleiken til Noreg og bidrar til å motarbeide kriminalitet.
Sivil rettspleie omfattar bl.a. oppgåvene til namsmannen. Det er sett i verk tiltak for å byggje ned restansane i gjeldsordningssaker, og fleire politidistrikt har redusert restansane til eit minimum. Det er venta ei markant forbetring i saksbehandlingstida utover i 2024.
Det er halde 17 pst. fleire utleggsforretningar i 2023 enn i 2022, men restansane har likevel auka. Det er ei bekymringsfull utvikling, og politiet har derfor sett i verk tiltak.
Gebyret for utleggsforretningar er prisa for høgt. Gebyret er i dag på 1,21 R (1 590 kroner, hvor R=1 314 kroner i 2025). Regjeringa foreslår å redusere gebyret for utlegg til sjølvkost, til 0,69 R (tilsvarande 906 kroner). Dette vil i 2025 gi eit samla provenytap på om lag 350 mill. kroner bokført og 406 mill. kroner påløpt under Justis- og beredskapsdepartementet.
Oslo forliksråd og Bærum forliksråd har store restansar. For å auke kapasiteten blir det foreslått å styrke sekretariatet ved Oslo forliksråd og Bærum forliksråd. Forliksrådsbehandling er gebyrbelagd, sjå òg omtale under kap. 3440, post 07.
Det er foreslått å auke gebyrsatsane for forenkla førelegg i vegtrafikksaker tilsvarande den generelle prisauken for å oppretthalde den pønale effekten som satsane er meinte å ha. Dette medfører ein estimert inntektsauke på 27 mill. kroner i 2025 på kap. 4618 Skatteetaten, post 86 Bøter, inndragingar mv.
Post 01 Driftsutgifter, kan nyttes under kap. 441, post 01 og kap. 443, post 01
Posten dekker alle ordinære driftsutgifter i politiet og dei lokale einingane til Politiets tryggingsteneste (PST) i politidistrikta, med unntak av Politidirektoratet, jf. kap. 441, Politihøgskolen, jf. kap. 442 og påtalemakta i politiet, jf. kap. 443. Element som lønn til tilsette, våpen, køyretøy, verneutstyr, uniformer, IT m.m. er driftsrelaterte innsatsfaktorar som er budsjetterte under posten. Justis- og beredskapsdepartementet held tilbake ein mindre del av løyvinga sentralt.
Det blir foreslått å auke løyvinga med totalt 2 288 mill. kroner som ei styrking. Midlane skal bl.a. gå til å auke grunnløyvinga til politiet, auke kapasiteten mot kriminelle nettverk, kriminelle gjengar og organisert kriminalitet, og til å handtere innkomstar frå Ukraina.
Det blir foreslått å auke løyvinga med 6,9 mill. kroner som følgje av at gebyra for pass, nasjonalt ID-kort og nødpass blir justerte til kostnadsdekkande nivå, og at det er venta ein auke i etterspurnaden etter ID-dokument.
Det blir foreslått å redusere posten med 750 000 kroner mot ein tilsvarande auke på kap. 351, post 72 til tilskot til støttegruppa 25. juni. Sjå Kulturdepartementets fagproposisjon for nærmare omtale.
Det blir foreslått å redusere posten med 6 mill. kroner mot ein tilsvarande auke på kap. 430, post 01 til arbeidet med omvend valdsalarm.
Det blir foreslått å auke løyvinga med 5,5 mill. kroner til stillingar i sekretariatet til Oslo forliksråd og Bærum forliksråd.
I samband med den nye finansieringsmodellen for kompetanseteamet mot negativ sosial kontroll og æresrelatert vald foreslår departementet å auke løyvinga på posten med 1 mill. kroner, mot ein tilsvarande reduksjon på kap. 858, post 01. Sjå Arbeids- og inkluderingsdepartementets fagproposisjon for nærmare omtale.
Det er òg endringar som følgje av tidlegare budsjettvedtak og tekniske endringar på posten som ikkje blir omtalte nærmare.
Samla blir det foreslått ei løyving på 24 024,5 mill. kroner i 2025.
Regjeringa foreslår at Justis- og beredskapsdepartementet får ei bestillingsfullmakt under kap. 440, post 01 på 250 mill. kroner i 2025, jf. forslag til vedtak. Det blir foreslått ei nettobudsjetteringsfullmakt under posten, jf. forslag til vedtak.
Regjeringa foreslår at Justis- og beredskapsdepartementet får fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 440, post 01, mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3440, postane 02, 03 og 04, jf. forslag til vedtak.
Post 22 Søk etter antatt omkomne, kan overføres
Løyvinga på posten skal dekke utgifter til søk etter personar ein reknar med er omkomne på havet, i innsjøar, i vassdrag og på landområde. Posten dekker òg nokre personellutgifter og ev. utgifter til å betre søkemetodane.
Det blir foreslått ei løyving på posten på 7,6 mill. kroner.
Post 23 Sideutgifter i forbindelse med sivile gjøremål
Løyvinga på posten skal dekke sideutgifter i samband med sivile gjeremål. Dette gjeld i hovudsak sideutgifter i samband med tvangsforretningar og utgifter i samband med gjeldsordningssaker.
Det blir foreslått ei løyving på posten på 29,1 mill. kroner.
Post 25 Variable utgifter ved ankomst, mottak og retur i politiets utlendingsforvaltning
På posten fører ein dei variable utgiftene til retur av personar med avslag på søknad om asyl, bortviste og utviste personar og personar som skal forlate Noreg i tråd med Dublin-regelverket. Dette regelverket slår fast kva land som har ansvaret for å behandle søknad om asyl. Når andre land har ansvaret for å behandle søknader frå personar som er i Noreg, kan personen returnerast til dette landet. For slike returar gjeld det særskilde fristar. Om retur ikkje skjer innan fristen, må saka takast til behandling i Noreg.
Det blir foreslått ei løyving på posten på 192 mill. kroner.
Post 45 Større utstyrsanskaffelser og vedlikehold, kan overføres
Posten omfattar utgifter til større utstyrsanskaffingar og vedlikehald.
Samla blir det foreslått ei løyving på posten på 34,1 mill. kroner.
Post 46 Investeringer i Schengen- IT-systemer, kan overføres
Posten omfattar prosjektutgiftene politiet har til utvikling og implementering av nye felles-europeiske IT-system for styrkt grensekontroll, betre informasjonsdeling og tryggleik.
Det foreslås å auke løyvinga med 77,1 mill. kroner til arbeid med EES/ETIAS, i hovudsak grunna forseinkingar frå EU.
Fleire av prosjekta som får løyvingar over posten, kvalifiserer til stønad frå grense- og visumordninga til EU (BMVI-fondet), medrekna prosjekt som inngår i Stortinget si vedtekne felles kostnadsramme for Schengen IT-prosjekta SIS, VIS, Interoperabilitet og Eurodac i politiet og UDI. Sjå omtale under kap. 440, post 48.
Det blir foreslått ei løyving på posten på 350 mill. kroner. Sjå òg omtale under kap. 440 og kap. 490.
Post 48 Tildeling fra EUs grense- og visumfinansieringsordninger, kan overføres
Som Schengen-land tar Noreg del i den nye grense- og visumordninga til EU under finansieringsordninga Financial support for border management and visa (BMVI-fondet). BMVI er ein del av migrasjons- og grenseforvaltninga til EU og skal særleg støtte varetakinga av yttergrensa. Samstundes skal ordninga bidra til vidareutvikling av den felles visumpolitikken, i tillegg til implementering av den heilskaplege grenseforvaltningsstrategien hos medlemslanda. Vidare skal ordninga støtte arbeidet mot irregulær migrasjon.
Noreg får støtte frå EU for å gjennomføre prosjekt innanfor grense- og visumsamarbeidet som er retta mot måla i ordninga. Dei årlege tildelingane frå EU baserer seg på dokumentert forbruk frå støttemottakarar. Midlane blir derfor forskoterte over statsbudsjettet. Dei samla refusjonane under kap. 3440, post 08 skal svare om lag til dei samla tildelingane over heile fondsperioden.
Løyvingane til prosjekt under BMVI-fondet vil bli løyvde samla over kap. 440, post 48, og i 2025 vil Justis- og beredskapsdepartementet (JD), Utanriksdepartementet (UD), politiet og Utlendingsdirektoratet (UDI) gjennomføre prosjekt med midlar frå fondet.
Det planleggast bl.a. for 56,3 mill. kroner til politiet sitt Schengen IT-prosjekt for interoperabilitet og 31,2 mill. kroner til politiet sitt prosjekt for innkjøp av nye e-gates ved Oslo Lufthavn.
Det blir foreslått ei løyving på posten på 147,3 mill. kroner. Sjå òg omtale under kap. 440, post 46.
Post 70 Tilskudd
Posten inneheld tilskot til tiltak mot menneskehandel og prostitusjon, medrekna hjelpetiltaket ROSA for utgifter til koordinering av butilbod og drift av ein hjelpetelefon, til tryggingstiltak ved trus- og livssynssamfunn og til politiforeiningar.
Tabell 2.8 Tilskot som blir lyste ut
(Beløp i 1 000 kroner) | |
---|---|
Tilskot | Forslag 2025 |
Tiltak mot menneskehandel og prostitusjon | 39 261 |
Tryggingstiltak ved trus- og livssynssamfunn | 5 000 |
Politiforeiningar | 5 000 |
Sum | 49 261 |
Tiltak mot menneskehandel og prostitusjon
Formålet med tilskotsordninga er å motverke at barn og vaksne blir utsette for menneskehandel, å hjelpe menneske ut av prostitusjon og å redusere etterspurnaden etter prostitusjon.
Organisasjonar som driv frivillig verksemd, kan få tilskot. Dersom frivillige organisasjonar ikkje tilbyr tilfredsstillande aktivitetar og tiltak, kan kommunar få tilskot for å gjere det. Det kan bli gitt tilskot til tiltak som bidrar til å oppfylle formålet med ordninga. Justis- og beredskapsdepartementet tildeler tilskot etter ei skjønnsmessig vurdering av i kor stor grad dei aktuelle prosjekta kan bidra til å oppfylle formålet med tilskotsordninga. Departementet går gjennom rapporteringa frå mottakarane. Tilskota i 2023 førte bl.a. til at offer for menneskehandel fekk trygg oppfølging på eigna institusjonar.
Tryggingstiltak ved trus- og livssynssamfunn
Formålet med tilskotsordninga er å bidra til at trus- og livssynssamfunn kan gjennomføre fysiske tryggingstiltak for å vareta ansvaret sitt for å sikre personane som oppheld seg i lokala til trus- eller livssynssamfunnet. Trus- og livssynssamfunn og paraply- og dialogorganisasjonar for trus- og livssynssamfunn som har organisasjonsnummer i Einingsregisteret, kan få tilskot. Ordninga blir forvalta av Politiets fellestenester. I vurderinga av søknadene blir det lagt særleg vekt på i kva grad trus- og livssynssamfunnet blir sett som eit potensielt mål med opphøgd trussel i den årlege nasjonale trusselvurderinga til Politiets tryggingsteneste, om søkaren har særskilde behov for fysiske tryggingstiltak, og dessutan om søkaren har fått og/eller søkt om støtte frå andre offentlege myndigheiter til fysiske tryggingstiltak. Politiets fellestenester gjennomgår rapporteringa frå mottakarane. Tilskot kan tildelast tros- og livssynssamfunn som oppfyller kriteria i forskrift om tilskudd til sikringstiltak for tros- og livssynsamfunn.
Politiforeiningar
Formålet med tilskotsordninga er å leggje til rette for stønad til drift av landsdekkande lag, selskap og foreiningar som bidrar til å vareta felles faglege, sosiale, kulturelle og velferdsmessige interesser for politiet sine tilsette og pensjonistar. Tilskot kan tildelast landsdekkjande lag, selskap og foreiningar som oppfyller kriteria i forskrift om tilskudd til politiforeninger.
Tabell 2.9 Øyremerkte tilskot til særskild mottakar
(Beløp i 1 000 kroner) | |
---|---|
Tilskot | Forslag 2025 |
Krisesentersekretariatet (ROSA-prosjektet og drift av nasjonal hjelpetelefon) | 5 600 |
Sum | 5 600 |
ROSA-prosjektet støttar personar som er utsette for menneskehandel, slik at dei får utløyst rettane sine i Noreg, og løftar erfaringane og utfordringane deira for å betre vilkåra deira.
Det blir foreslått ei løyving på posten på 54,9 mill. kroner.
Post 73 Internasjonale forpliktelser mv., kan overføres
Løyvinga under posten dekker utgifter knytte til internasjonale forpliktingar, medrekna bl.a. utbetalingar til EUs grense- og visumfinansieringsordningar, Det europeiske byrået for operativ forvaltning av store IT-system på området for fridom, tryggleik og rettferd (eu-LISA) og Det europeiske grense- og kystvaktbyrået (Frontex). Gjennom Schengen-medlemskapet er Noreg forplikta til å vere med på å finansiere aktivitet i dei relevante EU-byråa og til å vere med på innbetalingar til EUs grense- og visumfinansieringsordningar.
Kontingentane blir betalte i euro, og storleiken blir fastsett ut frå dei gjeldande budsjetta i EU-verksemdene.
Det blir foreslått ei løyving på posten på 703,6 mill. kroner.
Post 74 Midlertidig destruksjonspant for enkelte typer halvautomatiske rifler
I vedtak 883 av 6. mai 2021 bad Stortinget regjeringa om å utarbeide eit forslag til ei økonomisk kompensasjonsordning for våpeneigarar som er ramma av forbodet mot enkelte typar halvautomatiske rifler, jf. våpenlova § 5 andre ledd nr. 3. For erverv tredde forbodet i kraft 1. juni 2021, og for innehaving tredde forbodet i kraft 1. juni 2024. For å følgje opp vedtaket vart det oppretta ei ordning for mellombels destruksjonspant i perioden 2022–2024. Våpeneigarar som er ramma av forbodet, får ein eingongssum på 4 000 kroner per våpen som blir levert inn.
Ordninga skal etter planen avsluttast etter 2024.
Det blir foreslått å avvikle posten.
Kap. 3440 Politiet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2023 | Saldert budsjett 2024 | Forslag 2025 |
01 | Gebyr – pass og ID-kort | 547 218 | 957 257 | 918 262 |
02 | Refusjoner mv. | 153 146 | 232 296 | 311 623 |
03 | Salgsinntekter | 33 590 | 53 201 | 54 637 |
04 | Gebyr – vaktselskap og etterkontroll av deaktiverte skytevåpen | 2 508 | 4 828 | 4 828 |
05 | Gebyr – våpenforvaltning | 45 902 | ||
06 | Gebyr – utlendingssaker | 320 354 | 288 162 | 321 613 |
07 | Gebyr – sivile gjøremål | 776 028 | 819 100 | 559 196 |
08 | Refusjoner fra EUs grense- og visumfinansieringsordninger | 80 033 | 79 000 | 207 500 |
Sum kap. 3440 | 1 912 877 | 2 433 844 | 2 423 561 |
Kapittelet består i hovudsak av inntekter frå gebyr for tvangssaker, forliksrådssaker, passutferding og våpenløyve.
Post 01 Gebyr – pass og ID-kort
Løyvinga på posten dekker inntekter frå behandlingsgebyr for pass og ID-kort.
Det blir foreslått ei løyving på posten på 918,3 mill. kroner.
Post 02 Refusjoner mv.
Politiet får refundert utgifter for politioppdrag som er utførte for organisasjonar, lag, entreprenørar og offentlege etatar i samsvar med særskild heimel. Omfanget av slike oppdrag varierer frå år til år, og inntektsestimatet er derfor svært usikkert. Midlar til å dekke utgifter politiet har i samband med deltaking i internasjonale operasjonar, blir løyvde på Utanriksdepartementet sitt budsjettkapittel 151 Fred, sikkerheit og globalt samarbeid, og politiet får refundert desse utgiftene frå Utanriksdepartementet.
Regjeringa foreslår at Justis- og beredskapsdepartementet får fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 440, post 01, kap. 441, post 01 og kap. 443, post 01, mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3440, post 02, jf. forslag til vedtak.
Det blir foreslått ei løyving på posten på 311,6 mill. kroner.
Post 03 Salgsinntekter
Inntekter frå innbyte og sal av utskifta køyretøy m.m. blir rekneskapsførte på posten. I tillegg blir inntekter frå sal av spesialutstyr til politidistrikta, kriminalomsorga, tolletaten m.m. førte på posten.
Regjeringa foreslår at Justis- og beredskapsdepartementet får fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 440, post 01, mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3440, post 03, jf. forslag til vedtak.
Det blir foreslått ei løyving på posten på 54,6 mill. kroner.
Post 04 Gebyr – vaktselskap og etterkontroll av deaktiverte skytevåpen
Løyvinga på posten omfattar eingongsgebyr til å dekke utgifter ved behandling av søknader og gebyr ved feilalarmar der politi- og lensmannsetaten rykkjer ut, og etterkontroll av deaktiverte skytevåpen.
Regjeringa foreslår at Justis- og beredskapsdepartementet får fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 440, post 01, mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3440, post 04, jf. forslag til vedtak.
Det blir foreslått ei løyving på posten på 4,8 mill. kroner.
Post 05 Gebyr – våpenforvaltningen
Det blir foreslått å opprette ein ny post. Løyvinga på posten omfattar inntekter frå gebyr frå våpenforvaltninga.
Det blir foreslått ei løyving på posten på 45,9 mill. kroner.
Post 06 Gebyr – utlendingssaker
Løyvinga på posten dekker gebyr i samband med søknad om opphald på anna grunnlag enn vern, statsborgarskap, visum, reisebevis og utlendingspass. Løyvingsforslaget tek utgangspunkt i talet på utlendingssaker til politiet.
Det blir foreslått å justere gebyra i utlendingssaker for å sikre betre samsvar mellom gebyra og dei gjennomsnittlege utgiftene knytte til å behandle sakene, sjå omtale under programkategori 06.90.
Det blir foreslått å auke løyvinga med 33,5 mill. kroner samanlikna med saldert budsjett 2024. Bakgrunnen er at det er venta fleire søknader innan visse sakstypar i 2025.
Det blir foreslått ei løyving på posten på 321,6 mill. kroner.
Post 07 Gebyr – sivile gjøremål
Løyvinga på posten skal dekke gebyrinntekter i samband med den sivile rettspleia på grunnplanet, dvs. gebyr for tvangsforretningar og forliksrådsbehandling.
Det blir foreslått å auke løyvinga med 7 mill. kroner i samband med at Oslo forliksråd og Bærum forliksråd blir styrkt med fleire stillingar til sekretariatet for å auke kapasiteten ved dei to råda.
Det blir foreslått å redusere løyvinga med 3,2 mill. kroner som følgje av endringar i rettsgebyrlova, jf. Prop. 80 L (2023–2024) og Innst. 354 L (2023–2024). Sjå òg omtale i Prop. 104 S (2023–2024) og Innst. 447 S (2023–2024).
Gebyret for utleggsforretningar er prisa for høgt. Regjeringa foreslår å redusere gebyret for utleggsforretningar til sjølvkost. Det blir derfor foreslått å redusere løyvinga på posten med 350 mill. kroner.
Det blir foreslått ei løyving på posten på 559,2 mill. kroner.
Post 08 Refusjoner fra EUs grense- og visumfinansieringsordninger
Posten dekker refusjonar frå EU knytte til dei nasjonale prosjekta som får tildelingar frå EUs grense- og visumfinansieringsordningar. Refusjonsutbetalingane vil variere frå år til år og baserer seg på dokumentert forbruk frå støttemottakarar. Midlane blir derfor forskoterte over statsbudsjettet, jf. omtalen under kap. 440, post 48.
Det blir foreslått ei løyving på posten på 207,5 mill. kroner.
Kap. 441 Politidirektoratet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2023 | Saldert budsjett 2024 | Forslag 2025 |
01 | Driftsutgifter, kan nyttast under kap. 440, post 01 | 403 974 | 382 659 | 383 084 |
Sum kap. 441 | 403 974 | 382 659 | 383 084 |
Politidirektoratet leier dei 21 einingane i politiet, jf. omtale under kap. 440, og har ansvaret for fagleg leiing, styring, oppfølging og utvikling i heile etaten, med dei avgrensingane som følgjer av at Riksadvokaten har det overordna faglege ansvaret for all straffesaksbehandlinga. Det er òg ei sentral oppgåve for Politidirektoratet å utarbeide analysar og innhente trusselvurderingar til stønad for avgjerdene til myndigheitene og andre aktørar. I tillegg er Politidirektoratet ein fagleg rådgivar. Politidirektoratet samarbeider i stor grad både nasjonalt og internasjonalt under gjennomføringa av samfunnsoppdraget.
Bemanninga per 31. desember 2023 utgjorde 294 årsverk.
Politidirektoratet arbeider med eit nytt direktoratskonsept som skal styrke direktoratets evne til å leie og styre etaten på eit meir strategisk nivå og legge til rette for meir heilskapleg utvikling og styring av politiet. Eit meir strategisk direktorat skal bidra til å levere betre tenester til etaten, departementet og samarbeidspartnerar. Nytt direktoratskonsept vil føre til endringar i roller, ansvar og oppgåver mellom Politidirektoratet og underliggande einingar, med ambisjon om å betre utnyttinga av politiets samla kompetanse og kapasitet, og tilpassa løyvinga på kap. 441.
Budsjettet til Politidirektoratet har fått eit kutt på totalt 45 mill. kroner dei siste to åra. Dette inneberer behov for tydelegare behov for prioriteringar i etaten.
Post 01 Driftsutgifter, kan nyttes under kap. 440, post 01
Løyvinga på posten omfattar ordinære driftsutgifter under Politidirektoratet, irekna lønnsutgifter, driftsutgifter til leige av lokale og andre driftsutgifter.
Det er òg endringar som følgje av tidlegare budsjettvedtak og tekniske endringar på posten som ikkje blir omtalte nærmare.
Det blir foreslått at Justis- og beredskapsdepartementet i 2025 får fullmakt til å overskride løyvinga på kap. 441, post 01, mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3440, post 02, jf. forslag til vedtak.
Det blir foreslått ei løyving på posten på 383,1 mill. kroner.
Kap. 442 Politihøgskolen
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2023 | Saldert budsjett 2024 | Forslag 2025 |
01 | Driftsutgifter | 691 727 | 689 124 | 713 726 |
Sum kap. 442 | 691 727 | 689 124 | 713 726 |
Politihøgskolen er den sentrale utdanningsinstitusjonen for politiet i Noreg og har som hovudoppgåve å drive utdanning, forsking og formidling. Skulen skal vere ein profesjonsretta utdanningsinstitusjon som held eit høgt nivå, og som utviklar og formidlar dei kunnskapane, ferdigheitene og haldningane som politiet må ha for å bidra til å sikre tryggleik, lovlydnad og orden.
Bemanninga per 31. desember 2023 utgjorde 360 årsverk.
I budsjettet for 2024 fekk politiet auke løyving på 7,5 mill. kroner til å etablera eit pilotforsøk med desentralisert politiutdanning i Alta. Heilårseffekten frå 2025 er 15,5 mill. kroner. Oppstart for studiet er planlagt for hausten 2025.
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga på posten dekker lønnsutgifter og andre driftsutgifter ved Politihøgskolen.
Det er òg endringar som følgje av tidlegare budsjettvedtak og tekniske endringar på posten som ikkje blir omtalte nærmare.
Regjeringa foreslår at Justis- og beredskapsdepartementet får fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 442, post 01, mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3442, postane 02 og 03, jf. forslag til vedtak.
Det blir foreslått ei løyving på posten på 713,7 mill. kroner.
Kap. 3442 Politihøgskolen
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2023 | Saldert budsjett 2024 | Forslag 2025 |
02 | Diverse inntekter | 25 691 | 23 187 | 24 068 |
03 | Eksterne forskningsmidler | 13 477 | 13 090 | 13 587 |
Sum kap. 3442 | 39 168 | 36 277 | 37 655 |
Post 02 Diverse inntekter
Inntektene til Politihøgskolen kjem frå kursverksemd, utleige, kantinesal og boksal, i tillegg til moglege inntekter frå oppdragsverksemd.
Regjeringa foreslår at Justis- og beredskapsdepartementet får fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 442, post 01, mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3442, post 02, jf. forslag til vedtak.
Det blir foreslått ei løyving på posten på 24,1 mill. kroner.
Post 03 Eksterne forskningsmidler
Inntekter frå eksterne forskingsmidlar blir førte på posten.
Regjeringa foreslår at Justis- og beredskapsdepartementet får fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 442, post 01, mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3442, post 03, jf. forslag til vedtak.
Det blir foreslått ei løyving på posten på 13,6 mill. kroner.
Kap. 443 Påtalemyndigheten i politiet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2023 | Saldert budsjett 2024 | Forslag 2025 |
01 | Driftsutgifter, kan nyttast under kap. 440, post 01 | 1 527 436 | 1 508 500 | 1 642 655 |
Sum kap. 443 | 1 527 436 | 1 508 500 | 1 642 655 |
Påtalejuristane i politiet leier og har ansvaret for etterforskinga i politiet. Dei er direkte underlagde statsadvokatane i enkeltsaker. I Noreg er første nivå i påtalemakta integrert i politidistrikta, som blir leidd av politimeistrane, ein såkalla integrert og framskoten påtalefunksjon.
Bemanninga i påtalemakta i politiet utgjorde 1013 årsverk per 31. desember 2023.
Post 01 Driftsutgifter, kan nyttes under kap. 440, post 01
Løyvinga på posten omfattar ordinære driftsutgifter knytte til påtalejuristane i politiet, irekna lønnsutgifter og andre indirekte utgifter.
Det blir foreslått å auke løyvinga med 40 mill. kroner til auka kapasitet.
Det blir foreslått å auke løyvinga med 47 mill. kroner som ein del av styrkinga på 600 mill. kroner mot kriminelle nettverk, kriminelle gjengar og organisert kriminalitet. Det blir òg foreslått å auke løyvinga med 10 mill. kroner som ein del av styrkinga mot kvitvasking og korrupsjon.
Det blir foreslått at Justis- og beredskapsdepartementet i 2025 får fullmakt til å overskride løyvinga på kap. 443, post 01, mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3440, post 02, jf. forslag til vedtak.
Det blir foreslått ei løyving på posten på 1 642,6 mill. kroner.
Kap. 444 Politiets sikkerhetstjeneste (PST)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2023 | Saldert budsjett 2024 | Forslag 2025 |
01 | Driftsutgifter | 1 429 363 | 1 473 022 | 1 759 186 |
45 | Større utstyrsanskaffelser og vedlikehold, kan overførast | 188 199 | 61 890 | 53 526 |
Sum kap. 444 | 1 617 562 | 1 534 912 | 1 812 712 |
Det primære ansvaret til Politiets tryggingsteneste (PST) er å førebyggje, avdekke, etterforske, føre for retten og handtere dei mest alvorlege truslane mot tryggleiken i riket og mot grunnleggjande nasjonale interesser. PST er både ei etterretningsteneste, ei tryggingsteneste og ei polititeneste.
Det er òg ei sentral oppgåve for PST å utarbeide analysar og trusselvurderingar til stønad for avgjerdene til myndigheitene og andre aktørar. I tillegg har PST ei viktig rolle som rådgivar. PST samarbeider i stor grad både nasjonalt og internasjonalt under gjennomføringa av samfunnsoppdraget.
Sjefen for PST leier Den sentrale eininga (DSE) som er lokalisert i Oslo, og har dessutan det faglege ansvaret for dei lokale PST-einingane i politidistrikta utanfor Oslo. Per 31. desember 2023 utgjorde bemanninga ved Den sentrale eininga 775 årsverk.
Noreg står i ein krevjande tryggleikssituasjon som grip inn i alle PSTs ansvarsområde. Regjeringa foreslår derfor å varig auke PSTs driftsbudsjett med 255 mill. kroner. PST skal utføre samfunnsoppdraget sitt innanfor dei budsjettmessige, juridiske og politiske rammene som Stortinget og regjeringa har bestemt. I eit opent demokrati vil det alltid vere risiko for uønskte hendingar knytt til nasjonal tryggleik. PSTs arbeid med å førebyggje og etterforske alvorleg kriminalitet mot nasjonens tryggleik bidrar til å redusere denne risikoen.
I 2024 vart det gjennomført ein spissa områdegjennomgang av styringa av og i PST som følgje av ein utfordrande økonomisk situasjon over tid i en endre tryggingspolitisk situasjon. Rapporten frå områdegjennomgangen er gradert. Rapporten vil bli følgd opp i Justis- og beredskapsdepartementet, PST og andre relevante aktørar.
Arbeidsformer og regelverk
For å møte trusselen frå framand etterretning og terrorisme er det nødvendig med tett samarbeid med ei rekkje aktørar i og utanfor Noreg. Samarbeidet i Nasjonalt etterretnings- og tryggingssenter (NESS) mellom PST, politiet, NSM og Etterretningstenesta vart etablert ved utgangen av 2022 for å styrke evna til å handtere samansette truslar. Samarbeid på det meir operative nivået knytt til cyberdomenet blir bl.a. gjennomført i Felles cyberkoordineringssenter (FCKS), med dei same aktørane som i NESS. Felles etterretnings- og kontraterrorsenter (FEKTS) er etablert for å styrke samarbeidet mellom PST og Etterretningstenesta. FEKTS bidrar til ei heilskapleg tilnærming til truslane i dag og i framtida, ved å koordinere saker knytte til terror, kontraetterretning, masseøydeleggingsvåpen og andre prioriterte område. Samarbeid og informasjonsutveksling mellom PST og politiet er styrkt dei siste åra og bidrar til eit betre situasjonsbilete på sivil side for samansett verkemiddelbruk, som eit av fleire bidrag inn i NESS. Samarbeidet mellom PST og Etterretningstenesta er også styrkt i lys av oppfølginga av skytinga 25. juni 2022.
Samfunnsoppdraget til PST inneber å gi informasjon og etterretningsprodukt som avgjerdsstøtte til regjeringa, andre myndigheiter og sivilsamfunnet.
Det er viktig å sikre eit regelverk som støttar opp under oppgåveløysinga som nasjonal etterretningsteneste, samstundes som det varetek rettstryggleik og omsyn til personvern. Dette er eit kontinuerleg arbeid som regjeringa vil følgje opp med tanke på utviklinga i trusselbiletet og den raske teknologiske utviklinga. Lovendringa som kriminaliserer påverknadsverksemd, vart vedteken av Stortinget i 2024. Justis- og beredskapsdepartementet arbeider no med å sjå nærmare på om PST har behov for fleire verkemiddel for å kunne førebyggje samfunnsskadeleg aktivitet frå framande statar. Departementet følgjer også opp høyringa av eit forslag til endringar i straffeprosesslova som omhandlar skjult kameraovervaking ved bruk av mobile kamera, slik som dronar.
Ulovleg etterretningsverksemd
PST har ei viktig rolle i å førebyggje og motverke ulovleg etterretningsverksemd i Noreg. Statar viser evne og vilje til å oppnå strategiske mål på eit vis som i aukande grad utfordrar nasjonal tryggleik. Framande statar bruker ein kombinasjon av ulike verkemiddel, sivile og militære, opne og fordekte, i det fysiske så vel som i det digitale rommet. Dette gjer trusselbiletet meir utfordrande og samansett og er ytterlegare aktualisert i dagens tryggingspolitiske situasjon, etter Russlands angrep på Ukraina. Døme på verkemiddel som er særleg krevjande å oppdage og førebyggje, er økonomiske verkemiddel i form av oppkjøp og investeringar og påverknadsaktivitet, særleg når det tek form av falske nyheiter og desinformasjon.
Samansett verkemiddelbruk utfordrar òg evna myndigheitene har til å fange opp trusselaktørar, til å følgje truslane over tid og til å vurdere det samla trusselbiletet frå framande statar mot norske interesser. Inn mot stortingsvalet i 2025 er det særleg viktig å vere oppmerksam på moglege påverknadsoperasjonar frå framande statar, eksempelvis bruk av desinformasjon i kombinasjon med kunstig intelligens, som kan ha til hensikt å svekke tillit eller spreie misnøye og uro i befolkninga. Det er viktig at dei nasjonale tryggingsmyndigheitene har tilstrekkeleg heimelsgrunnlag og kompetanse og tilstrekkelege ressursar til å avdekke, motverke og handtere den breie verkemiddelbruken som framande statar rettar mot Noreg.
Terror og annan politisk motivert vald
Samfunnsoppdraget til PST omfattar òg å førebyggje og etterforske alvorleg kriminalitet mot den nasjonale tryggleiken, som terror og valdeleg ekstremisme. Vi må derfor kontinuerleg arbeide med førebygging og tryggingstiltak, bl.a. hos utsette aktørar. Justis- og beredskapsdepartementet vil bidra inn i ei stortingsmelding om ekstremisme som følgjer opp aktuelle forhold frå ekstremismekommisjonen si utgreiing, og som skal leggjast fram våren 2025.
Justis- og beredskapsdepartementet vil i samarbeid med dei departementa det vedkjem, gjennomgå den nasjonale kontraterrorstrategien for å sikre at prioriteringane på feltet er riktige, bl.a. sett opp mot utfordrings- og trusselbiletet og oppfølginga av evalueringsutvalet etter skytinga 25. juni 2022.
25. juni-utvalet peika på at talet på tilsette i PST som arbeider med kontraterror, er lågt i forhold til omfanget av oppgåver dei er sette til å løyse. I budsjettet for 2024 vart løyvinga til PST varig auka med 20 mill. kroner til å styrke PSTs kapasitet til arbeid med kontraterror. PST er godt i gang med oppfølginga av tiltaket.
Truslar mot myndigheitspersonar
PST bidrar til tryggleik for myndigheitspersonar, bl.a. med livvakttenesta for sentrale myndigheitspersonar (medlemmer av kongehuset, regjeringa og Høgsterett og stortingsrepresentantar), utarbeiding av trusselvurderingar, rådgiving og ulike førebyggjande tiltak.
Norske myndigheitspersonar blir utsette for hatefulle, sjikanerande og truande handlingar, ikkje minst i det digitale rommet. Påtalemakta har ei rolle når handlingane blir vurderte som straffbare. Det er ei sentral oppgåve for PST å sikre at myndigheitspersonar som tek på seg slike sentrale tillitsverv i politikken, ikkje blir utsette for valdelege angrep. Undersøkingar tyder på at fleire politikarar vurderer å slutte som følgje av hets og truslar. Det kan vere ein trussel mot demokratiet. PST vidareutviklar derfor samarbeidet med politiet slik at dei saman kan bidra til at unge og andre politikarar vil halde fram med å stå i det politiske arbeidet sitt. Regjeringa har teke grep for å sikre at svingingar i arbeidet med tryggleik for myndigheitspersonar ikkje går utover andre deler av PSTs samfunnsoppdrag, bl.a. ved å foreslå auka løyving til PST i nysalderinga i 2022 og 2023 og i revidert nasjonalbudsjett i 2024. I budsjettet for 2024 vart løyvinga til PST varig auka med 52 mill. kroner til arbeidet med beskyttelse av myndigheitspersonar. Midlane skal sikre at PST kan gi bistand ved reiseaktivitet til utlandet for myndigheitspersonar på eit normalt nivå. PST har så langt i år tilsett fleire nye livvakter til arbeidet.
Eksportkontroll og arbeidet mot ulovleg spreiing av masseøydeleggingsvåpen
Kontroll med eksport av forsvarsmateriell og fleirbruksvarer er ei viktig oppgåve for PST, og inneber rådgiving, førebyggjande tiltak og etterforsking av saker om brot på reglane. Ei anna viktig oppgåve er å hindre ulovleg spreiing av masseøydeleggingsvåpen. Dette arbeidet blir stadig meir komplekst og må sjåast i samanheng med ulovleg etterretning frå framande statar. Arbeidet skjer i samarbeid med bl.a. Utanriksdepartementet, Tolletaten og Etterretningstenesta. PST har dei siste åra styrkt dette arbeidet gjennom ei rekkje tiltak, bl.a. gjennom styrkt dialog med private aktørar.
Formidling
For at dei enkelte etatane og verksemdene skal kunne ta kunnskapsbaserte avgjerder for å sikre verdiane og interessene sine, må informasjon og medvit om truslar og sårbarheiter nå alle i dei relevante målgruppene. Den offentlege debatten om forsvars- og tryggingsspørsmål føreset òg at kunnskapen blir formidla så ope som mogleg. Justis- og beredskapsdepartementet prioriterer derfor i samarbeid med Forsvarsdepartementet å vidareutvikle formidlinga av trussel- og risikovurderingane frå etterretnings-, overvakings- og tryggingstenestene. Dei seinare åra har PST vidareutvikla og målretta arbeidet sitt med trusselformidling og kommunikasjon. PST offentleggjer fleire trusselvurderingar og arbeider vidare med å tydeleggjere kommunikasjonen, både til publikum generelt og til trusselutsette grupper.
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga på posten dekker driftsutgifter for Den sentrale eininga (DSE) i PST, tillegg til enkelte utgifter til drift av dei lokale PST-einingane i politidistrikta.
Det blir foreslått å auke løyvinga med totalt 255 mill. kroner.
Det er òg endringar som følgje av tidlegare budsjettvedtak og tekniske endringar på posten som ikkje blir omtalte nærmare.
Regjeringa foreslår at Justis- og beredskapsdepartementet får ei bestillingsfullmakt under kap. 444, post 01 på 25 mill. kroner i 2025, jf. forslag til vedtak.
Regjeringa foreslår at Justis- og beredskapsdepartementet får fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 444, post 01, mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3444, post 02, jf. forslag til vedtak.
Det blir foreslått ei løyving på posten på 1 759,2 mill. kroner.
Post 45 Større utstyrsanskaffelser og vedlikehold, kan overføres
Posten omfattar utgifter til større utstyrsanskaffingar og vedlikehald i PST.
Regjeringa foreslår at Justis- og beredskapsdepartementet får ei bestillingsfullmakt under kap. 444, post 45 på 25 mill. kroner i 2025, jf. forslag til vedtak.
Det blir foreslått ei løyving på posten på 53,5 mill. kroner.
Kap. 3444 Politiets sikkerhetstjeneste (PST)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2023 | Saldert budsjett 2024 | Forslag 2025 |
02 | Refusjoner | 12 937 | 16 154 | 16 768 |
Sum kap. 3444 | 12 937 | 16 154 | 16 768 |
Post 02 Refusjoner
På posten blir det ført rekneskap over inntekter som PST får refundert for enkeltoppdrag, og særskild bistand til Utanriksdepartementet.
Regjeringa foreslår at Justis- og beredskapsdepartementet får fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 444, post 01, mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3444, post 02, jf. forslag til vedtak.
Det blir foreslått ei løyving på posten på 16,8 mill. kroner.
Kap. 445 Den høyere påtalemyndighet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2023 | Saldert budsjett 2024 | Forslag 2025 |
01 | Driftsutgifter | 355 291 | 386 124 | 393 959 |
Sum kap. 445 | 355 291 | 386 124 | 393 959 |
Riksadvokaten leier Den høgare påtalemakta både fagleg og administrativt og har den overordna faglege leiinga av heile straffesaksbehandlinga i sin eigen etat og i politiet. Det er lovfesta i straffeprosesslova § 55 at påtalemakta er uavhengig ved behandlinga av den enkelte straffesaka. Ingen utanfor påtalemakta kan instruere i enkeltsaker eller gjere om eit påtalevedtak.
Den høgare påtalemakta består av dei ti regionale statsadvokatembeta i Noreg, Det nasjonale statsadvokatembetet, Økokrim og Riksadvokatembetet. Økokrim er både eit statsadvokatembete og ei sentral politieining. Riksadvokaten har det faglege ansvaret for behandlinga av straffesaker ved Økokrim. Politidirektoratet har det overordna ansvaret for anna verksemd ved Økokrim og for administrative saker. Statsadvokatembeta i regionane har den overordna faglege leiinga av straffesaksbehandlinga i politidistrikta i sin region. Det nasjonale statsadvokatembetet har påtaleansvaret på statsadvokatnivå for saker som Kripos tek sjølv, og har òg den overordna faglege leiinga av straffesaksbehandlinga ved Kripos. Det nasjonale statsadvokatembetet har òg påtaleansvaret på statsadvokatnivå for straffesaksbehandlinga ved Politiets tryggingsteneste.
Bemanninga per 31. desember 2023 utgjorde 193,3 årsverk.
Styrking av Den høgare påtalemakta si fagleiing av politiet
Den høgare påtalemakta si fagleiing av straffesaksbehandlinga i politiet betyr mykje for å sikre at straffesaksbehandlinga er effektiv og held høg kvalitet.
Lovendringar i straffeprosesslova tredde i kraft 1. juli 2022 og 1. juli 2023. Endringane omfattar òg endringar i organiseringa av arbeidet til påtalemakta. Endringane i lova og utfyllande retningslinjer frå riksadvokaten frigjer ressursar frå Den høgare påtalemakta til styrka fagleiing ved å delegere meir påtalekompetanse til påtalemakta i politiet.
Den høgare påtalemakta har dei siste åra fått markant auka løyvingar og medverkar gjennom styrkt fagleg styring av påtalemakta i politiet til høgare kvalitet og effektivitet i straffesaksbehandlinga til politiet. Som det vart peika på i NOU 2017: 5 En påtalemyndighet for fremtiden (Påtaleanalysen), er styrkt fagleiing frå Den høgare påtalemakta og Riksadvokatembetet eit særleg viktig tiltak. Den høgare påtalemakta fekk derfor auka løyvinga med 43 mill. kroner i 2024 til styrkt fagleiing. Den høgare påtalemakta skal bruke ressursane sine til styrkt fagleiing og anna kvalitetsutvikling av straffesaksbehandlinga i politiet. Fagleiinga av politiet skal bli meir målretta, systematisk og tilpassa dei lokale behova og kriminalitetsutfordringane til politiet.
Som fagleg ansvarleg ligg det til riksadvokaten å definere dei til kvar tid gjeldande normene og krava for straffesaksbehandlinga, både generelt og i enkeltsaker. Dei auka løyvingane skal brukast til å byggje kapasitet og funksjonar ved Riksadvokatembetet og statsadvokatembeta slik at dei på ein betre måte kan vurdere om krava til straffesaksbehandlinga blir følgde opp, for å sikre kvalitet, effektivitet og rettstryggleik i straffesaksbehandlinga til politiet. Tilsynsverksemda, resultatoppfølginga og etatsstyringsfunksjonane skal også styrkast og vidareutviklast.
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga på posten dekker i hovudsak driftsutgifter for Den høgare påtalemakta.
Det blir foreslått ei løyving på posten på 394 mill. kroner.
Kap. 3445 Den høyere påtalemyndighet
Post 02 Refusjoner
Løyvinga på posten dekker refusjonar frå den tidlegare utleigaren i samband med flytting til nye lokale. Den høgare påtalemakta får ingen refusjonar i 2025.
Kap. 446 Den militære påtalemyndighet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2023 | Saldert budsjett 2024 | Forslag 2025 |
01 | Driftsutgifter | 10 680 | 9 829 | 235 |
Sum kap. 446 | 10 680 | 9 829 | 235 |
Stortinget vedtok 14. november 2023 at ordninga med eit særskilt militært rettsvesen utgår, jf. behandlinga av Prop. 133 L (2022–2023) Endringer i forsvarsloven mv. (militær disiplinærmyndighet). Generaladvokatembetet vart avvikla som ein eigen etat 1. juli 2024 og alle oppgåvene blir vidareførte i høvesvis den sivile påtalemakta og Forsvaret. Arrest som refsingsmiddel forsvinn, det blir innført klagerett for dei som er personleg fornærma i ei disiplinærsak, og klage- og kontrollordninga i disiplinærsaker blir forenkla.
Dette inneber at budsjettkapittel 446 Den militære påtalemyndighet hos Justis- og beredskapsdepartementet blir avvikla.
Bemanninga per 31. desember 2023 utgjorde 6,9 årsverk.
Kap. 448 Grensekommissæren
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2023 | Saldert budsjett 2024 | Forslag 2025 |
01 | Driftsutgifter | 6 429 | 6 418 | 6 571 |
Sum kap. 448 | 6 429 | 6 418 | 6 571 |
Post 01 Driftsutgifter
Bemanninga ved Grensekommissariatet per 31. desember 2023 utgjorde 4,0 årsverk. Løyvinga på posten dekker utgifter til lønn og andre driftsutgifter. Posten skal dessutan dekke utgifter til grensemerking mellom Noreg og Russland og utgifter i samband med møte med finske og russiske grensemyndigheiter.
Det blir foreslått ei løyving på posten på 6,5 mill. kroner.
Programkategori 06.50 Redningstjenesten, samfunnssikkerhet og beredskap
Utgifter under programkategori 06.50 fordelte på postgrupper
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Post-gr. | Nemning | Rekneskap 2023 | Saldert budsjett 2024 | Forslag 2025 | Endring i pst. |
01–29 | Statens eigne driftsutgifter | 3 547 051 | 3 863 833 | 4 337 468 | 12,3 |
30–49 | Nybygg, anlegg o.a. | 1 176 633 | 1 777 212 | 1 129 937 | -36,4 |
50–89 | Overføringar til andre | 346 719 | 376 284 | 381 013 | 1,3 |
Sum kategori 06.50 | 5 070 403 | 6 017 329 | 5 848 418 | -2,8 |
Utgifter under programkategori 06.50 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2023 | Saldert budsjett 2024 | Forslag 2025 | Endring i pst. |
451 | Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap | 2 167 670 | 2 403 174 | 2 417 336 | 0,6 |
452 | Sentral krisehåndtering | 30 271 | 29 387 | 30 140 | 2,6 |
453 | Sivil klareringsmyndighet | 60 772 | 61 039 | 68 569 | 12,3 |
454 | Redningshelikoptertjenesten | 1 756 811 | 2 504 165 | 2 180 860 | -12,9 |
455 | Redningstjenesten | 540 177 | 562 391 | 608 516 | 8,2 |
457 | Nasjonal sikkerhetsmyndighet | 514 702 | 457 173 | 542 997 | 18,8 |
Sum kategori 06.50 | 5 070 403 | 6 017 329 | 5 848 418 | -2,8 |
Innleiing
Programkategori 06.50 Redningstjenesten, samfunnssikkerhet og beredskap omfattar Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB), Sivil klareringsmyndigheit (SKM), Nasjonalt tryggingsorgan (NSM), redningshelikoptertenesta, redningstenesta og sentral krisehandtering. Hovudredningssentralen (HRS) leier og koordinerer redningsaksjonar og har ansvaret for forvaltninga av redningshelikoptertenesta.
Verksemdene i programkategori 06.50 har alle ei sentral rolle i arbeidet med nasjonal tryggleik og samfunnstryggleik. Verksemdene skal sikre tryggleiken til innbyggjarane ved at samfunnet blir i stand til å førebyggje, motverke og unngå uønskte hendingar og vareta tryggleiken i samfunnet.
Regjeringa sette 21. januar 2022 ned totalberedskapskommisjonen for bl.a. å vurdere korleis dei samla beredskapsressursane best kan innrettast for å sikre ein tilfredsstillande beredskap. Rapporten frå totalberedskapskommisjonen, NOU 2023: 17, vart lagd fram 5. juni 2023 og var på høyring fram til oktober 2023. Det kom inn 241 høyringsfråsegner frå breie lag av samfunnet. Arbeidet til kommisjonen vil saman med bl.a. rapporten frå forsvarskommisjonen, NOU 2023: 14, og rapporten frå koronautvalet, NOU 2023: 16, vere sentrale grunnlag for ei stortingsmelding om totalberedskap, som etter planen skal leggjast fram hausten 2024.
Prioriteringar i 2025
Sivil motstandskraft er – som vi har sett i del I – eit uttrykk for evna eit samfunn har til å halde ut og handtere store hendingar, vinne att viktige funksjonar etter at noko har hendt, og tilpasse seg endra føresetnader. Dette gjeld på alle nivå i samfunnet.
NATOs tryggingsgaranti og evne til kollektivt forsvar er berebjelken i norsk tryggingspolitikk og avgjerande for vår forsvarsevne. NATOs forventningar til forsvarsinnsatsen til alliansen blir bl.a. uttrykte gjennom auka forventningar til sivil motstandskraft, som vi arbeider målretta med. NATO sine sju grunnleggjande forventningar («Seven baseline requirements») representerer sivile, grunnleggjande samfunnsfunksjonar som må fungere for at staten og samfunnet skal ha motstandskraft til å handtera både normalsituasjonar og krise- og krigssituasjonar. Sivil sides evne til å støtta opp under Forsvaret er ein føresetnad for at Forsvaret skal kunna løysa oppdrag effektivt i fred, krise og krig.
I tråd med Hurdalsplattforma vil regjeringa styrke den nasjonale samordninga av arbeidet med tryggleik og beredskap for å førebu samfunnet på å kunne handtere alvorlege hendingar. I ein internasjonal situasjon med stormaktsrivalisering, angrepskrig i Ukraina, krig i Midtausten, ein strategisk viktig norsk energisektor og samansett verkemiddelbruk som treff heile det norske samfunnet, er det å vareta nasjonal tryggleik ei felles sak, på tvers av sektorar, krisespenn og geografi.
Regjeringa vil leggje fram ei stortingsmelding om totalberedskap i 2024. Den tryggingspolitiske situasjonen krev målretta tiltak for å styrke den sivile motstandskrafta i heile landet. Stortingsmeldinga vil analysere strategisk viktige problemstillingar og presentere strategiske grep for arbeidet med motstandskraft og vidareutvikling av totalforsvaret dei neste fire åra.
Hovudtema i meldinga vil derfor vere sivil motstandskraft og totalforsvar øvst i krisespekteret: Noregs samla evne til å førebyggje og ha beredskap for å handtere tryggingspolitiske kriser, væpna konflikt eller situasjonar der krig truar. Motstandskraft avheng av bidrag frå offentlege myndigheiter, sivile og militære aktørar, private verksemder, frivillige aktørar, det enkelte lokalsamfunn og den enkelte borgar.
I langtidsplanen for forsvarssektoren blir det foreslått ei rekkje tiltak som skal auke Forsvaret sin kampkraft og tilgjengelegheit. Vi må også styrke evna til sivilsamfunnet for å støtte opp under den militære kapasiteten. Vi må styrke evna til heilskapleg oversikt og samordning, og vi må auke medvitet om truslar, ansvar og tiltak – på tvers av det offentlege, næringslivet og befolkninga.
Vi må kunne trekkje på dei samla ressursane i samfunnet dersom det blir nødvendig. Regjeringa har derfor starta arbeidet med å oppdatere lovverket som regulerer mobilisering av sivil arbeidskraft i krise. Justis- og beredskapsdepartementet sendte i januar 2024 på høyring eit forslag til endringar i sivilbeskyttelseslova om sivil arbeidskraftberedskap i tryggingspolitisk krise og krig. Forslaget gjeld heimlar til å gi forskrifter som regulerer sivile arbeids- og tenesteforhold, inkludert sivil arbeidsplikt, når sjølvstendet eller tryggleiken til riket er i fare. I ein slik situasjon vil det vere behov for sivil arbeidskraft til å oppretthalde sentrale sivile funksjonar, vareta dei grunnleggjande behova til sivilbefolkninga og støtte forsvaret av landet. Forslaget søker bl.a. å leggje til rette for etablering av tiltak som er tilpassa dei behova som slike unntakssituasjonar utløyser. Departementet arbeider med å følgje opp høyringa.
I Meld. St. 9 (2022–2023), Nasjonal kontroll og digital motstandskraft for å ivareta nasjonal sikkerhet – så åpent som mulig, så sikkert som nødvendig, peikar regjeringa på regulering, nasjonal eigarskap og kontroll som sentrale verkemiddel for å vareta nasjonal tryggleik. Det er gjort endringar i tryggingslova for å styrke kontrollen med oppkjøp som kan vere i strid med nasjonale tryggingsinteresser. Blant anna er terskelen senka for når ein må melde frå om oppkjøp, og både kjøpar, seljar og verksemda sjølv får plikt til å melde frå. Nokre av dei fastsette lovendringane har trådd i kraft, medan nokre av endringane ikkje er sette i kraft, grunna utarbeiding av forskrifter til dei nye reglane.
Kommunane er ein av berebjelkane i beredskapsstrukturen i Noreg og er avgjerande for eit fungerande totalforsvar. Statsforvaltaren er ein svært viktig aktør for det regionale og lokale tryggleik- og beredskapsarbeidet og har eit viktig ansvar for å rådgje og rettleie kommunane. Derfor foreslår regjeringa å auke løyvinga til statsforvaltarane med 34 mill. kroner til ei intensivering av statsforvaltaranes arbeid med å auke lokalt og regionalt nivå si evne til å yte sivil støtte til militære operasjonar, sikre kontinuitet i kritiske samfunnsfunksjonar og verne sivilbefolkninga mot konsekvensane av krise og krig. Statsforvaltaren i Troms og Finnmark har saman med Forsvaret og politiet starta eit pilotprosjekt for å styrke den sivile motstandskrafta i Finnmark. Kjernen i piloten er å auke befolkninga sin kompetanse om beredskap og å styrke samordninga i beredskapsarbeidet. Prosjektet varar ut 2026. Regjeringa foreslår at 2 mill. kroner av auken i løyvinga til statsforvaltarane nyttast til å støtte piloten. Statsforvaltaren i Troms og Finnmark vil forvalte bruken av desse midlane. Sjå òg omtale i Prop. 1 S (2024–2025) for Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet.
Klimaendringar gir auka intensitet og hyppigheit av ekstremvær som hetebølgjer, styrtregn, flaum og skred. Kombinert med auka natur- og ekstremturisme får det følgjer for talet på og kompleksiteten i redningsaksjonar. Regjeringa foreslår å auke tilskotet til dei frivillige organisasjonane i redningstenesta med 6 mill. kroner.
Vi som bur i Noreg er ein viktig del av den sivile beredskapen. Befolkninga må vere førebudd på uønskte hendingar og auke eigenberedskapen. For å kunne verne verdiane i samfunnet mot uønska hendingar, må vi ha kompetanse og kunnskap om risiko, truslar, sårbarheiter og effektive mottiltak på alle nivå. Regjeringa foreslår å vidareføre ei løyving til DSB på 12 mill. kroner for å handtere auke i arbeidsmengde som nasjonalt kontaktpunkt for EU si ordning for sivil beredskap og tilsvarande ordningar i FN og NATO, bl.a. som følgje av krigen i Ukraina.
Dei siste åra har omfanget av cyberangrep auka betydeleg. Aktørane har blitt meir sofistikerte, og angrepa blir retta mot verksemder som tidlegare ikkje har blitt råka. Avstanden mellom aktiviteten til trusselaktørane og eige digitalt tryggingsarbeid har blitt større. Behova på det digitale tryggleiksområdet er ulike på nasjonalt, regionalt og lokalt nivå og i næringslivet. Dette krev målretta rettleiing og bistand. Det er òg behov for fleire arenaer for samarbeid og kunnskapsdeling om digital tryggleik. Regjeringa foreslår å løyve 42 mill. kroner for å auke Noregs digitale tryggleik. Det blir foreslått at Noreg sluttar seg til det nordisk-baltiske samarbeidet for cybertryggleik. Regjeringa foreslår òg å styrke rettleiing og bistand bl.a. gjennom auka kapasitet til rådgjeving og handtering i NSM, og etablering av ein myndigheitsportal og eit støtteverktøy som skal gi befolkninga, kommunar og verksemder enkel og samordna rettleiing om digital tryggleik. Midlane skal òg finansiere utgreiing om korleis Noreg kan nytte den samla sikkerheitskompetansen som finst i landet til å forsterke den nasjonale handteringa av store cyberhendingar. Det blir òg foreslått å styrke tryggleiken i Noregs nasjonale fellesløysingar og å satse på forsking på kvanteteknologi. Sjå òg omtale i Prop. 1 S (2024–2025) for Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet og Kunnskapsdepartementet.
Dei som skal handtere ein krisesituasjon, må kommunisere godt med kvarandre. Regjeringa foreslår å forlenge kontrakt om drift av Nødnett og å etablere ny nød- og beredskapskommunikasjon. Det er valt konsept for ny nød- og beredskapskommunikasjon som skal erstatte Nødnett. Staten skal eige den tekniske plattforma, medan kommersielle mobiloperatørar skal levere dekning og kjernenett. Kombinasjonen av statleg eigarskap og kjøp frå kommersielle mobiloperatørar utnyttar styrken i begge sektorane, og avgjerda er viktig for å sikre ei trygg løysing med nasjonal kontroll. Sjølv om prosjektet no er i samsvar med plan, kan ny og delvis uprøvd teknologi påverke framdrift og kostnadar. Forprosjektet for nytt Nødnett skal etter planen vere ferdig i 2024. Det blir foreslått å auke løyvinga til DSB med 40 mill. kroner i 2025 til arbeidet med vidareføring av gjeldande Nødnett.
Det er inngått kontrakt for levering av 16 nye redningshelikopter til erstatning for Sea King-maskiner. I tillegg til nye redningshelikopter omfattar kostnadsramma utgifter til mellom anna tilpassingar av bygningane ved redningshelikopterbasane og tilpassing av landingsforholda ved enkelte sjukehus. Regjeringa foreslår å løyve om lag 950 mill. kroner til dette arbeidet i 2025. Dei nye redningshelikoptera skal etter planen vere i drift på seks basar i Noreg i løpet av 2024. Per september er SAR Queen sett i drift på fem basar.
SAR Queen er eit langt betre helikopter, med ein større aksjonsradius enn Sea King, og kan setjast inn i situasjonar der Sea King kom til kort. SAR Queen gir betre beredskap, mellom anna på grunn av mobilsøkesystemet, som gjer det lettare å finne sakna personar. Eit moderne helikoptersystem er krevjande å drifte, og det er nødvendig med eit større driftsbudsjett for redningshelikoptertenesta. Regjeringa foreslår å auke løyvinga til redningshelikoptertenesta med til saman 272 mill. kroner.
I 2024 starta ei ny fagskuleutdanning for brann- og redningspersonell opp ved Brann- og redningsskulen i Tjeldsund. Den nye utdanninga vil gi eit kompetanseløft for brann- og redningsvesen over heile landet og dermed styrke beredskapen både lokalt og nasjonalt. Fagskulen vil ta imot 160 studentar i året.
Regjeringa vil styrke Justis- og beredskapsdepartementets kapasitet til rettsleg rettleiing og regelverksutvikling på det sivile beredskapsområdet med 6 mill. kroner, sjå omtale under programkategori 06.10.
Kap. 451 Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2023 | Saldert budsjett 2024 | Forslag 2025 |
01 | Driftsutgifter | 1 240 451 | 1 505 337 | 1 565 567 |
21 | Spesielle driftsutgifter | 30 345 | 26 463 | 27 469 |
22 | Spesielle driftsutgifter – Nødnett, kan overførast | 604 275 | 561 410 | 622 744 |
23 | Variable utgifter EUs ordning for sivil beredskap | 50 000 | 51 900 | |
45 | Større utstyrsanskaffelser og vedlikehold, kan overførast | 285 166 | 252 221 | 141 619 |
70 | Overføringer til private | 7 433 | 7 743 | 8 037 |
Sum kap. 451 | 2 167 670 | 2 403 174 | 2 417 336 |
Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) er fag- og tilsynsorgan for sivil samfunnstryggleik, jf. kgl.res. 24. juni 2005. Sivilforsvaret, DSB sitt kurssenter, og Brann- og redningsskulen er underlagde DSB. DSB er ansvarleg for nød- og beredskapskommunikasjon og staten sin eigarskap til Nødnett og er nasjonal myndigheit for brann- og eltryggleik. I tillegg varetar direktoratet embetsstyringa av statsforvaltarane på samfunnstryggleiksområdet og er fagmyndigheit for tryggleik ved handtering og transport av farlege stoff og eksplosiv, og for produkt- og forbrukartryggleik.
DSB som sivil samordningsmyndigheit
DSB skal rettleie myndigheitene og andre verksemder i arbeidet deira med samfunnstryggleik. Dette inkluderer t.d. utarbeiding av analysar av krisescenario, samfunnsplanlegging, beredskapsplanverk, øvingar og evalueringsarbeid. DSB leier Sentralt totalforsvarsforum (STF) saman med Forsvarsstaben, og nyttar forumet i hovudsak for felles situasjonsforståing og oversikt der situasjonar og kriser har konsekvensar på tvers av fleire sektorar og nivå.
På nasjonalt nivå gjennomfører DSB bl.a. samvirkekonferansar mellom sentrale nasjonale aktørar og statsforvaltarane for å bidra til nasjonal koordinering når det er nødvendig.
I den skjerpa tryggingspolitiske situasjonen har DSB prioritert å samle beredskapsmyndigheiter og aktørar for horisontal og vertikal samordning for å styrke den nasjonale beredskapen.
DSB er sivil samordningsmyndigheit i totalforsvaret. Samarbeidet på samfunnstryggleiksområdet i Europa har blitt styrka etter at Russland angreip Ukraina. Om nasjonale ressursar ikkje skulle strekkje til, må ein kunne søke hjelp frå naboland med minst mogleg tidsforseinking pga. formalitetar. Sveriges og Finlands medlemskap i NATO har gjort dette arbeidet særleg aktuelt.
Den norske deltakinga i det europeiske beredskapssamarbeidet skjer i stor grad gjennom ulike sider av UCPM (EU Civil Protection Mechanism). Formålet med UCPM er å styrke samarbeidet mellom medlemmene om sivil beredskap, og forbetre arbeidet med førebyggjing og katastrofehandtering. UCPM er ei felles ramme for delar av det sivile beredskapsarbeidet òg, og for vidareutviklinga av det gode, nordiske samarbeidet. UCPM har vore den føretrekte kanalen for sivile direktedonasjonar av materiellbistand til Ukraina gjennom krigen. Det er godt nordisk samarbeid om å utvikle slike kapasitetar slik at dei kan bidra til å styrke både norsk og nordisk beredskap, samstundes som dei vil vere tilgjengelege for bruk i og utanfor Europa.
Krigen i Ukraina og arbeidet med å samordne norsk bistand gjennom UCPM har prega arbeidet til DSB sidan 2022. Det har vore nødvendig å nytte betydelege ressursar som i ein normalsituasjon hadde blitt nytta til andre oppgåver i DSB.
Regjeringa foreslår å løyve 95 mill. kroner til DSB for å dekke kontingenten til UCPM for 2025.
Brannvern
Ei ny fagskuleutdanning for brann- og redningspersonell starta i 2024 opp ved Brann- og redningsskulen i Tjeldsund kommune. Oppstarten er ein viktig milepæl for brannutdanninga i Noreg og inneber at grunnutdanninga av heiltidspersonell til brann- og redningsvesenet og 110-sentralane nå er ein del av det ordinære skulesystemet, i likskap med andre etatsutdanningar.
Stortinget slutta seg i juni 2024 til regjeringas framlegg i Meld. St. 16 (2023–2024), Brann- og redningsvesenet – Nærhet, lokalkunnskap og rask respons i hele landet, jf. Innst. 413 S (2023–2024). Meldinga peiker ut ei retning for brann- og redningsvesenet som skal stå seg i mange år framover og legg til rette for at brann- og redningsvesenet blir i stand til å handtere dagens og framtidas utfordringar, både innanfor eige sektoransvar og i samarbeid med andre nødetatar og beredskapsaktørar.
Handtering av skogbrann er eit kommunalt ansvar. Viktige statlege ressursar for å forsterke dette arbeidet er Sivilforsvaret og statens skogbrannhelikopter. Skogbrannhelikopterordninga har fast beredskap frå 15. april til 15. august kvart år. DSB har ansvaret for ordninga og for å sikre at det er beredskap med skogbrannhelikopter, medan Hovudredningssentralen gir innsatsordre før bruk.
Operasjonssentralane til politiet (112) og 110-sentralane til brann- og redningsvesenet er samlokaliserte i politidistrikta Innlandet, Møre og Romsdal, Aust og Søraust. Operasjonssentralane til politiet, 110-sentralane til brann- og redningsvesenet og AMK-sentralane til helsetenesta (113) er samlokaliserte i politidistrikta Nordland, Finnmark og Agder.
Risiko og sårbarheit i kommunane
Resultata frå kommuneundersøkinga til DSB for 2024 viser at trass krevjande år med pandemi, alvorlege naturhendingar og knappe ressursar, arbeider kommunane godt med beredskap. Sjølv om dei fleste no har heilskapleg risiko- og sårbarheitsanalyse, er det framleis mange kommunar (31 pst.) som ikkje har oppdaterte analysar. 97 pst. av kommunane oppgir at dei har ein overordna beredskapsplan, men 25 pst., dvs. 80 kommunar, har ein beredskapsplan som er revidert før 2023. Det kan dermed sjå ut til at mange kommunar ikkje er medvetne om at beredskapsplanen alltid skal vere oppdatert.
Kommuneundersøkinga viser at det er behov for å jobbe grundigare og meir heilskapleg med tiltak for korleis innbyggjarane kan hente informasjon, og ved behov komme i kontakt med nødetatane ved langvarig bortfall av straum, mobilnett og internett. Mange kommunar manglar eit gjennomarbeidd planverk med gode tiltak for dette.
Statsforvaltaren skal samordne samfunnstryggingsarbeidet i fylket, vareta rolla som pådrivar og rettleiar i arbeidet med samfunnstryggleik og dessutan skjøtte ansvaret sitt for krisehandtering ved hendingar. Ein meir detaljert omtale av oppgåvene til statsforvaltaren finst i programkategori 01.20 i Prop. 1 S (2024–2025) for Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet.
Sivilforsvaret
Sivilforsvaret er beredskapsressurs for staten og gir støtte til nød- og beredskapsetatane i heile krisespekteret. Sivilforsvaret har ein styrke på 8 000 tenestepliktige, fordelte i lokale, operative avdelingar.
Stortinget fastset kor lang tenestetida for tenestepliktige i Sivilforsvaret skal vere. Dagens nivå blir foreslått vidareført i 2025. Dette inneber årleg utdanning på inntil fem veker, med maksimalt tre veker samanhengande tenestetid. Den årlege øvingstida er på maksimalt fem dagar, og i tillegg kjem nødvendige kortare kurs og samlingar. Den samla tenestetida for ein tenestepliktig kan utgjere totalt 19 mnd. Sivilforsvaret har øvd opp tenestepliktige og befal og utdanna nytt mannskap.
Det blir teke sikte på å innføre justerte krav til etablering av dekningsrom og tilfluktsrom. Klartid og andre krav til tilfluktsrom blir vurderte særskilt med omsyn til moglegheita for fredstidsbruk, og behovet for nyetablering av tilfluktsrom blir vurdert strengt. Sivilforsvaret vil intensivere oppfølginga av eksisterande tilfluktsrom med tanke på vedlikehald, opplæring og tilsyn.
Nød- og beredskapskommunikasjon
Nødnett er det landsdekkande nettet for nød- og beredskapskommunikasjon i Noreg. Nødnett gir brukarane eit særs viktig verktøy for kommunikasjon og samhandling i dagleg virke, under øvingar og ved større hendingar. Med Nødnett kan brukarane kommunisere i grupper på tvers av organisatoriske og geografiske grenser og dessutan internt i eigen organisasjon. Nødnett gjer det mogleg for hjelparane i samfunnet å kommunisere med kvarandre akkurat der den som er i nød er og treng hjelp. Ved hjelp av Nødnett kan dei finne kvarandre og etablere ei felles situasjonsforståing. På denne måten har Nødnett ein sentral samvirkeeffekt, og ressursane samhandlar betre –vi kallar det nødnetteffekten. Ei sentral oppgåve for DSB er å følgje opp at leverandøren driftar og held infrastrukturen ved like i tråd med kontrakten.
Staten har kontrakt om drift av dagens Nødnett til og med 2026. Regjeringa foreslår å forhandle fram kontrakt om å vidareføre Nødnett ut 2031 i forbindelse med ny saldering av budsjettet for 2024. Samstundes er det viktig å etablere ei ny løysing. Det er eit investeringsbehov knytt til forlenginga, og regjeringa foreslår å auke løyvinga til DSB med 40 mill. kroner i 2025.
Regjeringa har sett i gang eit forprosjekt for ny nød- og beredskapskommunikasjon som skal erstatte Nødnett på sikt. Forprosjektet som DSB arbeider med, skal etter planen vere ferdig i løpet av 2024, slik at kvalitetssikring kan gjennomførast våren 2025. Ei ny god kommunikasjonsløysing er heilt sentralt for evna til å handtere hendingar. Dei samfunnsøkonomiske gevinstane er positive og inkluderer ifølgje den eksterne kvalitetssikraren sparte liv, færre skadar på personar og materiell og auka tryggleik i befolkninga.
I ein krisesituasjon vil myndigheitene kunne gi folk informasjon om kva som skjer, og om korleis ein kan verne seg og sine. For raskt å kunne nå ut til heile befolkninga med presis informasjon, er det etablert ei teneste for mobiltelefonbasert befolkningsvarsling, jf. Prop. 78 S (2021–2022) og Innst. 270 S (2021–2022). Tenesta heiter Nødvarsel og kan nyttast lokalt, regionalt eller nasjonalt ved akutte og alvorlege hendingar som truar liv og helse. Nødvarsel blir testa to gongar i året nasjonalt i samband med test av tyfonane. Over 9 av 10 nordmenn får no nødvarsel på mobiltelefon. I fredstid er det politiet som avgjer kva område som skal varslast, og som sender ut sjølve varselet. DSB har systemeigaransvar for tenesta.
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga på posten skal dekke alle ordinære driftsutgifter for DSB med underliggjande driftseiningar, medrekna Nødnett, Sivilforsvaret, skular og regionskontor.
Det blir foreslått å vidareføre ei løyving på 95 mill. kroner til den årlege kontingenten for at Noreg òg i 2025 skal delta i EUs ordning for sivil beredskap (UCPM).
Det blir foreslått å auke løyvinga med 37 mill. kroner til husleige og drift av fagskulen for brann- og redningspersonell. Midlane skal òg finansiere brukarutstyr i dei nye hyblane ved Brann- og redningsskulen.
Det blir foreslått å auke løyvinga med 10 mill. kroner, mot ein tilsvarande auke på kap. 3451, post 06.
Løyvinga vart auka med 40 mill. kroner som ei eingongsløyving til forprosjekt for nytt Nødnett i 2024. Det blir foreslått å redusere løyvinga med 40 mill. kroner.
Det blir foreslått å auke løyvinga med 15 mill. kroner til drift av lokale som blir forvalta av DSB.
Regjeringa foreslår å vidareføre løyving til DSB på 12 mill. kroner for å handtere ei auke i arbeidsmengde som nasjonalt kontaktpunkt for EU si ordning for sivil beredskap og tilsvarande ordningar i FN og NATO.
Det blir foreslått å auke løyvinga med 1,9 mill. kroner i samband med behandling av søknader om godkjenning av yrkeskvalifikasjonane til utanlandske arbeidstakarar innan elektrofag, jf. omtale under kap. 3451, post 03.
Det blir foreslått å auke løyvinga med 2,5 mill. kroner til drift av mobilbasert befolkningsvarsling (Nødvarsel).
Det er òg endringar som følgje av tidlegare budsjettvedtak og tekniske endringar på posten, som ikkje blir omtalte nærmare.
Det blir foreslått at Justis- og beredskapsdepartementet får fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 451, post 01, mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3451, post 02, post 03 og post 06, jf. forslag til vedtak. Det blir vidare foreslått at posten kan overskridast med inntil 75 pst. av inntektene under kap. 3451, post 40, jf. forslag til vedtak.
Det blir foreslått ei samla løyving på posten på 1 565,6 mill. kroner.
Post 21 Spesielle driftsutgifter
DSB administrerer skogbrannhelikopterberedskapen i Noreg. Løyvinga på posten dekker utgiftene til flytimar og ekstra beredskap. Faste utgifter i denne beredskapen inngår som ein del av løyvinga under kap. 451, post 01. Vidare dekker posten forskingsaktivitetar som er avtalte mellom DSB og RISE Fire Research AS.
Regjeringa foreslår ei løyving på posten på 27,5 mill. kroner.
Post 22 Spesielle driftsutgifter – Nødnett, kan overføres
Løyvinga på posten dekker utgifter til drift og vedlikehald og mindre utgifter til utvikling og investering i Nødnett og tilhøyrande tenester. Abonnementsavgifta blir fakturert kundane i Nødnett, og inntektene blir førte på kap. 3451, post 05 Abonnementsinntekter.
Det blir foreslått at Justis- og beredskapsdepartementet får fullmakt til å kunne overskride løyvinga på kap. 451, post 22, mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3451, post 05, jf. forslag til vedtak.
Det blir foreslått å auke løyvinga på posten med 40 mill. kroner til å gjennomføre nødvendige utskiftingar av komponentar i den sentrale infrastrukturen til Nødnett. Regjeringa foreslår ei løyving på posten på 622,7 mill. kroner.
Post 23 Variable utgifter til EUs ordning for sivil beredskap
Løyvinga på posten skal dekke alle utlegg DSB har i samanheng med ekstraordinære oppdrag gjennom EUs ordning for sivil beredskap (UCPM), som lønn, reiser, frakt og andre driftsutgifter. Utgiftsnivået på posten er styrt av hendingar og vil variere over tid. Kontingenten for ordninga blir belasta over post 01. Refusjonar frå EU blir førte på kap. 3451, post 07.
Det blir foreslått ei løyving på posten på 51,9 mill. kroner.
Post 45 Større utstyrsanskaffelser og vedlikehold, kan overføres
Løyvinga dekker utgiftene for større investeringar i Nødnett og for tilleggskjøp av utstyr og funksjonalitet på vegner av brukarane. Utgifter på vegner av brukarane blir dekte inn av refusjonar på kap. 3451, post 04.
Vidare dekker løyvinga utgifter til større utstyrsanskaffingar til Sivilforsvaret.
Det vart i 2024 løyvd 40 mill. kroner til utbetring av lokale som blir forvalta av DSB. Det blir foreslått å redusere løyvinga med 24 mill. kroner i 2025.
Regjeringa foreslår å vidareføre løyving på 15 mill. kroner til å gjennomføre tryggingstiltak i dagens Nødnett til 2025.
Det blir foreslått å redusere løyvinga med 1,5 mill. kroner til investeringsmidlar til mobilbasert befolkningsvarsling.
Det vart i 2024 løyvd 91,2 mill. kroner til utskifting av koparnettet som vart finansiert av brukarbetaling. Løyvinga på posten blir foreslått redusert med 91,2 mill. kroner, mot ein tilsvarande reduksjon under kap. 3451, post 04.
Det blir foreslått at Justis- og beredskapsdepartementet får fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 451, post 45, mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3451, post 04, jf. forslag til vedtak. Regjeringa foreslår ei løyving på posten på 141,6 mill. kroner.
Post 70 Overføringer til private
Løyvinga på posten skal dekke overføringar til Norsk Elektroteknisk Komite (NEK) som behandlar standardiseringsarbeidet på elområdet i Noreg. Vidare dekker posten overføring til det brannførebyggjande arbeidet til Norsk brannvernforening.
NEK er ein aktiv, sjølvstendig og nøytral medlemsorganisasjon som har ansvaret for norsk standardiseringsarbeid innan el og e-kom. Medlemmene kan vere offentlege og private organisasjonar, institusjonar, etatar og bedrifter.
NEK prioriterer forhold som er spesielle for Noreg, og som normalt ikkje blir fanga opp av internasjonal standardisering. Spesielt gjeld dette tekniske krav til det norske IT-nettet, tilpassingar som følgje av at energiforbruket i Noreg i stor grad er basert på elektrisitet, krevjande klimatiske (arktiske) forhold og dessutan norsk byggjeskikk. Noreg er eit av dei mest elektrifiserte og digitaliserte landa i verda og derfor avhengig av at standardiseringa på området fungerer. NEK er viktig for at Noreg får gjennomslag internasjonalt i spørsmål som er viktige for Noreg og for eltryggleiken.
Norsk brannvernforening er ei uavhengig stifting som arbeider for at liv, helse og verdiar ikkje skal gå tapt i brann. Foreininga er organisert som ei privat stifting som arbeider ut frå eit ideelt formål. Alle inntekter går til brannførebyggjande arbeid og vidareutvikling av organisasjonen. Brannvernforeininga vart etablert i 1923 på initiativ frå forsikringsnæringa og myndigheitene.
Gjennom informasjon, opplæring, sertifisering og rådgiving arbeider foreininga for at menneske, bedrifter og organisasjonar skal ta ansvar for brannvernet.
Regjeringa foreslår ei løyving på posten på 8,0 mill. kroner.
Kap. 3451 Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2023 | Saldert budsjett 2024 | Forslag 2025 |
01 | Gebyr | 123 002 | 125 453 | 130 220 |
02 | Refusjoner driftsutgifter Nødnett | 35 853 | 37 370 | 38 790 |
03 | Diverse inntekter | 28 059 | 31 676 | 40 560 |
04 | Refusjoner større utstyrsanskaffelser og vedlikehold Nødnett | 97 893 | 173 581 | 85 511 |
05 | Abonnementsinntekter og refusjoner Nødnett | 584 494 | 536 862 | 557 263 |
06 | Refusjoner | 27 439 | 7 751 | 18 046 |
07 | Refusjoner fra EU i forbindelse med variable utgifter knyttet til EUs ordning for sivil beredskap | 50 000 | 51 900 | |
Sum kap. 3451 | 896 740 | 962 693 | 922 290 |
Post 01 Gebyr
DSB krev inn avgifter til å dekke utgifter til forvaltningsoppgåver etter brann- og eksplosjonsvernlova og el-tilsynslova. Avgiftene skal bl.a. dekke utgifter til arbeid med regelverk, informasjon og rettleiing og tilsyn med at krava som er gitt i eller i medhald av lovene, blir følgde.
Det blir kravd inn avgift for førsteleddsomsetnad av petroleumsprodukt, for ilandføring av olje og gass i røyrleidning frå sjøområde og dessutan for førsteleddsomsetnad av sprengstoff. Avgiftsinntektene er avhengige av omsetnads- og/eller produksjonsnivået frå føregåande år, slik at DSB ikkje har nokon innverknad på storleiken på inntektene.
DSB krev vidare inn ei avgift for å dekke utgifter til forvaltninga av el-tilsynslova. Avgifta blir kravd inn og fakturert etter gjennomførte tilsyn med landbaserte elektriske anlegg og maritime elektriske anlegg.
Regjeringa foreslår ei løyving på posten på 130,2 mill. kroner.
Post 02 Refusjoner driftsutgifter Nødnett
Løyvinga dekker refusjonar til DSB for enkelte av driftskostnadene til direktoratet, som skal finansierast av ei brukarbetalingsordning.
Det blir foreslått at Justis- og beredskapsdepartementet får fullmakt til å kunne overskride løyvinga på kap. 451, post 01, mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3451, post 02, jf. forslag til vedtak.
Regjeringa foreslår ei løyving på posten på 38,8 mill. kroner.
Post 03 Diverse inntekter
Løyvinga på posten består av inntekter frå kursverksemd ved Brann- og redningsskulen, DSB sitt kurssenter og Sivilforsvaret sine utdannings- og kompetansesenter. Vidare består posten av utleige av anlegga til Sivilforsvaret og sal av læremateriell m.m. ved skulane. Løyvinga består òg av inntekter i tilknyting til søknader om godkjenning av yrkeskvalifikasjonane til utanlandske arbeidstakarar innan elektrofag.
Det blir foreslått å auke løyvinga med 7,7 mill. kroner i samband med behandling av søknader om godkjenning av yrkeskvalifikasjonane til utanlandske arbeidstakarar innan elektrofag, jf. omtale under kap. 451, post 01. Det blir foreslått at Justis- og beredskapsdepartementet får fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 451, post 01, mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3451, post 03, jf. forslag til vedtak.
Regjeringa foreslår ei løyving på posten på 40,6 mill. kroner.
Post 04 Refusjoner større utstyrsanskaffelser og vedlikehold Nødnett
Løyvinga omfattar refusjonar frå brukarar av Nødnett for tilleggskjøp av utstyr og funksjonalitet som er bestilt av DSB gjennom avtalane deira. Utgiftene blir førte på kap. 451, post 45, og DSB fakturerer kundane for dette.
Det blir foreslått at Justis- og beredskapsdepartementet får fullmakt til å kunne overskride løyvinga på kap. 451, post 45, mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3451, post 04, jf. forslag til vedtak.
Det vart i 2024 løyvd 91,2 mill. kroner til utskifting av koparnettet som vart finansiert av brukarbetaling. Løyvinga på posten blir foreslått redusert med 91,2 mill. kroner mot ein tilsvarande reduksjon under kap. 451, post 45.
Regjeringa foreslår ei løyving på posten på 85,5 mill. kroner.
Post 05 Abonnementsinntekter og refusjoner Nødnett
Løyvinga omfattar inntektene DSB får frå abonnementsordninga i Nødnett. Vidare dekker løyvinga refusjonar for tenester og produkt som kundar i Nødnett har skaffa seg utover abonnementsordninga i Nødnett. Det blir foreslått at Justis- og beredskapsdepartementet får fullmakt til å kunne overskride løyvinga på kap. 451, post 22, mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3451, post 05, jf. forslag til vedtak.
Regjeringa foreslår ei løyving på posten på 557,3 mill. kroner.
Post 06 Refusjoner
Løyvinga på posten består av variable inntekter og refusjonar frå andre verksemder, irekna refusjonar for administrative tenester frå Valdirektoratet. Vidare består posten av variable overføringar og tilskot frå EU og EØS.
På bakgrunn av rekneskapstal blir det foreslått å auke løyvinga med 10 mill. kroner, mot ein tilsvarande auke på kap. 451, post 01.
Det blir foreslått at Justis- og beredskapsdepartementet får fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 451, post 01, mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3451, post 06, jf. forslag til vedtak.
Regjeringa foreslår ei løyving på posten på 18,0 mill. kroner.
Post 07 Refusjoner fra EU i forbindelse med variable utgifter knyttet til EUs ordning for sivil beredskap
Løyvinga på posten består av refusjonar frå EU for utgifter DSB har hatt under post 23, og som er knytte til ekstraordinære oppdrag DSB har hatt gjennom EUs ordning for sivil beredskap (UCPM).
Regjeringa foreslår ei løyving på posten på 51,9 mill. kroner.
Post 40 Salg av eiendom mv.
DSB har gjennomført eit omfattande arbeid med å avhende sivilforsvarsanlegg. Erfaringane viser at det i det vesentlege omfattar tilbakeføring av eigedommar til kommunar og grunneigarar, og at det er eit fåtal anlegg som blir selde til takst i den opne marknaden. Tilbakeføringa krev semje mellom grunneigar og staten om salssummen, noko det kan vere utfordrande å einast om. Det blir derfor foreslått at Justis- og beredskapsdepartementet får fullmakt til å overdra sivilforsvarsanlegg til ein verdi av inntil 500 000 kroner vederlagsfritt eller til underpris når det er særlege grunnar til det, jf. forslag til vedtak.
I samband med avhending og stenging av sivilforsvarsanlegg blir det vidare foreslått at Justis- og beredskapsdepartementet får fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 451, post 01 med inntil 75 pst. av inntektene under denne posten, jf. forslag til vedtak. Ved eventuelt sal i 2025 ønskjer departementet å nettobudsjettere salsutgiftene på post 40 ved sal av faste eigedommar. Det kan vere tilfellet der utgiftene til rydding og trygging er større enn salsinntektene og det slik vil vere ei nettoutgift å avhende anlegget.
Det blir foreslått at Justis- og beredskapsdepartementet får fullmakt til nettoføring ved å trekkje salsutgifter ved sal av faste eigedommar frå salsinntektene under kap. 3451, post 40, jf. forslag til vedtak.
Kap. 452 Sentral krisehåndtering
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2023 | Saldert budsjett 2024 | Forslag 2025 |
01 | Driftsutgifter | 30 271 | 29 387 | 30 140 |
Sum kap. 452 | 30 271 | 29 387 | 30 140 |
Primærfunksjonen til Krisestøtteeininga (KSE) er å yte bistand ved krisehandtering. KSE skal leggje til rette for at departementsfellesskapet, Kriserådet og regjeringa får ei samla nasjonal situasjonsforståing, og dessutan støtte leiardepartementet og Kriserådet i samband med krisekoordinering. KSE er forankra organisatorisk i Justis- og beredskapsdepartementet. KSE støttar opp under Justis- og beredskapsdepartementet si samordningsrolle på samfunnstryggleiksområdet ved bl.a. å forvalte eit døgnbemanna sivilt situasjonssenter og å planleggje, gjennomføre og følgje opp øvingar på nasjonalt og internasjonalt nivå.
Sett i lys av den alvorlege tryggingspolitiske situasjonen i Europa, har KSE prioritert arbeidet med å utvikle og vedlikehalde nasjonale planverk, deriblant koordineringa av sivile tiltak i det nasjonale beredskapssystemet (NBS). Sivilt beredskapssystem (SBS) er under revisjon. Departement med ansvar for tiltak innan SBS, utarbeider tiltak innanfor ansvarsområdet sitt i samråd med Justis- og beredskapsdepartementet.
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga på posten skal dekke lønns- og driftsutgifter ved KSE, medrekna husleige, vidareutvikling og vedlikehaldskostnader for teknisk infrastruktur på både ugraderte og graderte plattformer. Løyvinga på posten skal i tillegg dekke utgiftene eininga har i samband med sentral krisehandtering, medrekna døgnkontinuerleg situasjons- og medieovervaking. Løyvinga skal òg dekke utgiftene KSE har som sekretariat for Kriserådet, drifta av det sivile situasjonssenteret og krisestøtteverktøyet DepCIM for departementsfellesskapet.
Regjeringa foreslår ei løyving på posten på 30,1 mill. kroner.
Kap. 453 Sivil klareringsmyndighet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2023 | Saldert budsjett 2024 | Forslag 2025 |
01 | Driftsutgifter | 60 772 | 61 039 | 68 569 |
Sum kap. 453 | 60 772 | 61 039 | 68 569 |
Sivil klareringsmyndigheit (SKM) skal vere den sentrale verksemda for klarering i sivil sektor. Samfunnsoppdraget til SKM er å verne nasjonale verdiar ved å redusere risikoen for innsidarar. Dette arbeidet er ein viktig del av hovudmåla i justis- og beredskapssektoren, som er rettstryggleik og tryggleik i samfunnet.
Endringane i den nasjonale tryggingssituasjonen etter at Russland invaderte Ukraina 24. februar 2022, har ført til at fleire verksemder enn tidlegare har behov for å kunne ta imot tryggingsgradert informasjon for å sikre eiga kjerneverksemd og gjennom dette vareta samfunnsviktige funksjonar. SKM får derfor fleire oppmodingar om tryggingsklarering enn tidlegare.
SKM har behandla det nye tryggingstiltaket tilgangsklarering sidan 2022. Talet på nye oppmodingar om tilgangsklarering har ikkje auka like mykje som vanleg tryggingsklarering, og det held seg så langt stabilt på mellom 400 og 500 per tertial.
Samla sett får SKM rundt 10 000 saker til behandling årleg, fordelte på dei to sakstypane tryggingsklarering og tilgangsklarering. For å styrke arbeidet med effektiv saksbehandling på saksområdet, vil SKM overta oppgåver frå NSM mellom anna knytte til rådgjeving, rettleiing og kurs innanfor tryggingsklareringsfaget.
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga på posten dekker kostnader til drift av Sivil klareringsmyndigheit, medrekna bl.a. lønnskostnader og andre personalkostnader, i tillegg til kostnader til leige av lokale i Moss og til drift av IKT-løysingar. I posten inngår bl.a. utgifter til gjennomføring av tryggingssamtalar.
Delar av det faglege ansvaret og oppgåver innan personelltryggleik er overførte frå Nasjonalt tryggingsorgan til Sivil klareringsmyndigheit. Det blir derfor foreslått å auke løyvinga med 6 mill. kroner, mot ein tilsvarande reduksjon på kap. 457, post 01.
Regjeringa foreslår ei løyving på posten på 68,6 mill. kroner.
Kap. 3453 Sivil klareringsmyndighet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2023 | Saldert budsjett 2024 | Forslag 2025 |
01 | Diverse inntekter | 800 | ||
Sum kap. 3453 | 800 |
Post 01 Diverse inntekter
Løyvinga på posten dekker inntekter frå kurs- og konferanseaktivitet.
Det blir foreslått å auke løyvinga med 0,8 mill. kroner, mot ein tilsvarande reduksjon på kap. 3457, post 01 som følgje av overføring av oppgåver og ansvar innan personelltryggleik frå Nasjonalt tryggingsorgan til Sivil klareringsmyndigheit.
Det blir foreslått å gi fullmakt i 2025 til å overskride løyvinga under kap. 453, post 01, mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3453, post 01, jf. forslag til vedtak.
Det blir foreslått ei løyving på posten på 0,8 mill. kroner.
Kap. 454 Redningshelikoptertjenesten
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2023 | Saldert budsjett 2024 | Forslag 2025 |
01 | Driftsutgifter | 908 043 | 992 173 | 1 216 626 |
45 | Større utstyrsanskaffelser og vedlikehold, kan overførast | 848 768 | 1 511 992 | 964 234 |
Sum kap. 454 | 1 756 811 | 2 504 165 | 2 180 860 |
Det er inngått kontrakt om levering av 16 nye redningshelikopter, SAR Queen. Dei første helikoptera vart sette i drift 1. september 2020. Dei nye redningshelikoptera skal etter planen vere i drift på alle dei seks basane i løpet av 2024. Gjeldande kostnadsramme for prosjektet er på 17 439 mill. kroner, jf. forslag til romartalsvedtak.
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga på posten dekker kostnader til drift av den offentlege redningshelikoptertenesta og prosjektet for kjøp av nye redningshelikopter.
Det blir foreslått å redusere løyvinga med 20,9 mill. kroner i samband med prosjektet for kjøp av nye redningshelikopter.
Det blir foreslått å redusere løyvinga med 11,9 mill. kroner i samband med Tromsø-basen.
Noreg har investert 17 mrd. kroner i nye redningshelikopter SAR Queen mv. Desse helikoptera har langt betre rekkjevidde, større fart og betre evne til å operere i dårleg vêr enn dei gamle Sea King-helikoptera.
Dei nye helikoptera gir Noreg auka beredskap. Stortinget vart i Prop. 118 (2022–2023) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2023 informert om at førebelse berekningar tilseier at det framtidige driftsbudsjettet for redningshelikoptertenesta kan bli høgare enn dagens vedtekne budsjettramme. Justis- og beredskapsdepartementet vurderte hausten 2023, med ekstern bistand og i samarbeid med Forsvarsdepartementet, storleiken på det framtidige driftsbudsjettet. Blant anna basert på dette arbeidet legg regjeringa fram forslag om å auke løyvinga til redningshelikoptertenesta med til saman 272 mill. kroner. Av dette er 239 mill. kroner knytte til at SAR Queen er i drift på seks basar i 2025 og som følgje av at forsvarssektoren sine årlege driftsutgifter til redningshelikoptertenesta har auka. Eit moderne helikoptersystem er meir krevjande å drifte. Hovudredningssentralen har ansvaret for forvaltninga av redningshelikoptertenesta, og det er foreslått å auke løyvinga med 33 mill. kroner til oppfølging av inngåtte kontraktar og avtalar, jf. omtale under kap. 455.
Det blir foreslått at Justis- og beredskapsdepartementet får fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 454, post 01, mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3454, post 01, jf. forslag til vedtak.
Det blir foreslått ei løyving på posten på 1 216,6 mill. kroner.
Post 45 Større utstyrsanskaffelser og vedlikehold, kan overføres
Løyvinga på posten dekker investeringar i samband med kjøp av nye redningshelikopter og bygging av ny redningshelikopterbase i Bodø.
I forslaget frå regjeringa til budsjett for 2025 er det sett av om lag 913,5 mill. kroner til investeringar ved kjøp av nye redningshelikopter og tiltak for tilrettelegging av infrastruktur. Gjeldande kostnadsramme for prosjektet er på 17 439 mill. kroner, jf. forslag til romartalsvedtak.
Bodø lufthamn skal flyttast, og det skal som følgje av dette byggjast ein ny redningshelikopterbase. Det blir foreslått å setje av 50,7 mill. kroner til dette. Gjeldande kostnadsramme for prosjektet er på 609 mill. kroner, jf. forslag til romartalsvedtak.
Det blir foreslått ei løyving på posten på 964,2 mill. kroner.
Kap. 3454 Redningshelikoptertjenesten
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2023 | Saldert budsjett 2024 | Forslag 2025 |
01 | Refusjoner | 29 968 | 31 287 | 32 476 |
Sum kap. 3454 | 29 968 | 31 287 | 32 476 |
Post 01 Refusjoner
Løyvinga på posten dekker refusjonar frå Helse- og omsorgsdepartementet, som kjøper ambulansetimar i redningshelikoptertenesta frå Justis- og beredskapsdepartementet. Refusjonen blir ført på kap. 3454, post 01 Refusjoner. Det blir foreslått å gi fullmakt i 2025 til å overskride løyvinga under kap. 454, post 01, mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3454, post 01, jf. forslag til vedtak.
Det blir foreslått ei løyving på posten på 32,5 mill. kroner.
Kap. 455 Redningstjenesten
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2023 | Saldert budsjett 2024 | Forslag 2025 |
01 | Driftsutgifter | 149 215 | 155 039 | 191 704 |
21 | Spesielle driftsutgifter | 44 942 | 31 755 | 32 962 |
45 | Større utstyrsanskaffelser og vedlikehold, kan overførast | 6 734 | 7 056 | 10 874 |
71 | Tilskudd til frivillige organisasjoner i redningstjenesten | 75 505 | 92 490 | 86 435 |
72 | Tilskudd til nød- og sikkerhetstjenester | 129 305 | 135 953 | 141 119 |
73 | Tilskudd til Redningsselskapet | 134 476 | 140 098 | 145 422 |
Sum kap. 455 | 540 177 | 562 391 | 608 516 |
Justis- og beredskapsdepartementet har koordineringsansvar for redningstenesta, som omfattar land-, sjø- og luftredningsteneste. Regjeringa har fastsett organisering, roller og ansvar for redningstenesta i Noreg i Organisasjonsplan for redningstjenesten, jf. kgl.res. av 6. desember 2019. Hovudredningssentralen (HRS) leier og koordinerer alle typar redningsaksjonar, anten direkte frå avdelinga i Nord-Noreg eller frå avdelinga i Sør-Noreg. Leiing og samordning av landredningsaksjonar blir som regel delegert frå HRS til den lokale redningssentralen (LRS). LRS-ane er lokaliserte i alle politidistrikta og hos Sysselmeisteren på Svalbard.
HRS fekk frå 2024 ansvaret for redningshelikoptertenesta og forvaltninga av eigarskapen av SAR Queen-helikoptera.
HRS forvaltar ordninga med tilskot til dei frivillige organisasjonane i redningstenesta og tilskot til nød- og tryggleikstenester frå 2024.
Dei frivillige organisasjonane er ein viktig del av redningstenesta i Noreg, med omkring 10 000 operative mannskap over heile landet. Dei trener og utrustar lokale ressursar som kan stille på kort varsel. Dei frivillige er ein ressurs som alltid har vore viktig for redningstenesta.
Nødnett skal etter vedtak frå Stortinget vere gratis for dei frivillige organisasjonane i redningstenesta, jf. Innst. 448 S (2012–2013) og Prop. 77 (2012–2013), ved at staten dekker brukarutstyr, kostnader knytta til drift av løysingane og abonnementsavgifta. Dette blir i dag dekt over kap. 455, post 71, som òg inneheld det ordinære driftstilskotet til dei frivillige organisasjonane i redningstenesta.
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga på posten dekker kostnader ved sentrale element ved redningstenesta, medrekna Hovudredningssentralen.
Løyvinga på posten omfattar utgifter i samband med det internasjonale satellittbaserte nødpeilesystemet COSPAS-SARSAT og utgifter til Justis- og beredskapsdepartementets nasjonale og internasjonale forplikting og engasjement innanfor redningstenesta.
Oppgåva med å forvalte redningshelikoptertenesta er delegert frå Justis- og beredskapsdepartementet til Hovudredningssentralen frå 1. januar 2024. Det blir foreslått å auke løyvinga på posten med 33 mill. kroner til oppfølging av inngåtte kontraktar og avtalar, jf. omtale under kap. 454.
Frå og med 1. januar 2024 er forvaltninga av ordningar for tilskot under redningstenesta flytta frå Justis- og beredskapsdepartementet til Hovudredningssentralen. Det blir foreslått å auke løyvinga på kap. 455, post 01 med 0,9 mill. kroner, mot ein tilsvarande reduksjon av løyvinga på kap. 400, post 01.
Hovudredningssentralen betaler for bruk av ei systemløysing frå Direktoratet for forvaltning og økonomistyring. Det blir foreslått at løyvinga blir redusert med 84 000 kroner, mot ein tilsvarande auke av løyvinga på Finansdepartementets kap. 1605 Direktoratet for forvaltning og økonomistyring, post 01 Driftsutgifter.
Det blir foreslått at Justis- og beredskapsdepartementet får fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 455, post 01, mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3455, post 01, jf. forslag til vedtak.
Regjeringa foreslår ei løyving på posten på 191,7 mill. kroner.
Post 21 Spesielle driftsutgifter
Løyvinga på posten omfattar utgifter til å engasjere private selskap, t.d. helikopterselskap og frivillige redningsorganisasjonar i konkrete redningstilfelle, til refusjon til frivillige hjelparar for innsats i redningstenesta, til forbruk og erstatning av tapt materiell m.m. Forbruket på posten er vanskeleg å berekne sidan utgiftene varierer med talet på redningsaksjonar og omfanget av dei.
Regjeringa foreslår ei løyving på posten på 33,0 mill. kroner.
Post 45 Større utstyrsanskaffelser og vedlikehold, kan overføres
Løyvinga på posten dekker diverse investeringar til kjøp og vedlikehald av utstyr til Hovudredningssentralen.
Det blir foreslått å auke løyvinga på kap. 455, post 45 med 3,5 mill. kroner i samband med ny kontrollromsløysing på Hovudredningssentralen.
Regjeringa foreslår ei løyving på posten på 10,9 mill. kroner.
Post 71 Tilskudd til frivillige organisasjoner i redningstjenesten
Løyvinga på posten dekker tilskot til Frivillige organisasjoners redningsfaglige forum (FORF) og til frivillige organisasjonar i redningstenesta som er representerte av FORF. Løyvinga kan òg dekke tilskot til andre særs relevante frivillige organisasjonar innanfor redningstenesta.
Tilskota skal fremme kvaliteten i redningstenesta. Frivillige organisasjonar skal setjast betre i stand til å delta i redningsaksjonar når menneske har behov for direkte hjelp ved fare for død eller skade som følgje av akutte hendingar. Tilskotsmottakarar skal gjere greie for at tilskotet er nytta til redningsfaglege tiltak, og at dei har bidratt i redningsarbeid.
Tilskotsmottakarar skal innan 1. april året etter det året tilskotet gjeld for, rapportere til Hovudredningssentralen om korleis tilskotet har bidratt til at organisasjonen har blitt sett i betre stand til å delta i redningsaksjonar. Hovudredningssentralen tildeler tilskot for eitt år av gongen etter ei vurdering av i kva grad formålet som det blir søkt om tilskot til, bidrar til å oppfylle formålet med tilskotsordninga.
Resultata for 2023 er i tråd med formålet med tildelinga.
Posten omfattar òg premie til forsikringsordning for frivillige i redningstenesta og midlar til varetaking av sekretariatsfunksjonen til Nasjonalt redningsfagleg råd. Sekretariatsfunksjonen blir vareteken av FORF.
Løyvinga omfattar òg tilskot til dei frivillige organisasjonane i redningstenesta som er brukarar av Nødnett, og tilsvarer abonnementsavgifta.
Det blir foreslått å auke løyvinga på posten med 6 mill. kroner for å styrke dei frivillige organisasjonane i redningstenesta.
Løyvinga vart auka med 15 mill. kroner i 2024 for å dekke kostnadene til dei frivillige organisasjonane i redningstenesta i samband med utskifting av koparnettet. Det blir foreslått å redusere løyvinga med 15 mill. kroner i 2025 sidan arbeidet er ferdig.
Løyvinga på posten dekker òg utgifter til dykkaropplæring av frivillige som deltek i redningsdykkarberedskap og som må ha redningsdykkarsertifisering.
Regjeringa foreslår ei løyving på posten på 86,4 mill. kroner.
Post 72 Tilskudd til nød- og sikkerhetstjenester
Løyvinga på posten skal bl.a. dekke tilskot til Telenor for tenesta dei utfører i samband med nød- og tryggingstenesta til Kystradioen, og til å halde ved lag 24 timars tårnteneste ved Svalbard lufthamn, i tillegg til ev. andre tilskot innanfor rednings- og beredskapsfeltet.
Telenor Kystradio (TK) leverer maritime telekommunikasjonstenester (kystradiotenesta) langs kysten av Noreg på vegne av staten og lytter etter nødvarsel frå to bemanna kystradiostasjonar som er samlokaliserte med avdelingane til Hovudredningssentralen på Sola og i Bodø. Under redningsoppdrag sørger kystradiostasjonane for kontakt mellom redningstenesta og den/dei som er i nød. Kystradiotenesta er definert som ei spesiell samfunnspålagd oppgåve, jf. ekomlova § 5-3 første ledd nr. 1.
Avinor held 24 timars tårnteneste ved Svalbard lufthamn. Avinor skal levere lokal flygeinformasjonsteneste, alarm- og redningsteneste og vêrobservasjonar (AFIS-tenester) på døgnkontinuerleg basis slik at redningshelikoptertenesta på Svalbard får dei tenestene som dei har behov.
Regjeringa foreslår ei løyving på posten på 141,1 mill. kroner.
Post 73 Tilskudd til Redningsselskapet
Tilskotet skal bidra til å oppretthalde innsatsen til Redningsselskapet i redningstenesta og i arbeidet med å førebyggje ulukker. Det dekker ein del av driftsutgiftene selskapet har til søk- og redningsberedskap.
Redningsselskapet er ein landsdekkande og frivillig humanitær organisasjon. Det primære formålet er å redde liv og berge verdiar på sjøen. Organisasjonen er ein viktig beredskapsressurs og utfører søke-, rednings- og hjelpeteneste langs kysten av Noreg og i tilgrensande havområde.
Redningsselskapet skal òg drive opplysningsarbeid og førebyggjande arbeid for å betre tryggleiken for sjøfarande. Redningsskøytene utfører oppgåver på utkalling av Hovudredningssentralen, AMK, Kystverket, politiet og andre.
Tilskotet dekker ein del av driftskostnadene selskapet har til søk- og redningsaksjonar, og dessutan ein del av kostnadene til beredskap. For alle endringar i stasjonering og disponering av redningsskøytene er det ein føresetnad at det er gjort i samarbeid med Hovudredningssentralen. Tilskotet kan brukast til opplysningsarbeid og førebyggjande sjøtryggleiksarbeid, med særskild vekt på barn og unge. Tilskotet kan òg brukast til å styrke deltakinga i beredskapen mot akutt forureining.
Regjeringa foreslår ei løyving på posten på 145,4 mill. kroner.
Kap. 3455 Redningstjenesten
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2023 | Saldert budsjett 2024 | Forslag 2025 |
01 | Refusjoner | 2 259 | ||
Sum kap. 3455 | 2 259 |
Post 01 Refusjoner
Løyvinga dekker refusjonar til ulike aktivitetar i redningstenesta. Det blir ikkje budsjettert med noko beløp.
Det blir foreslått at Justis- og beredskapsdepartementet får fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 455, post 01, mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3455, post 01, jf. forslag til vedtak.
Kap. 457 Nasjonal sikkerhetsmyndighet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2023 | Saldert budsjett 2024 | Forslag 2025 |
01 | Driftsutgifter | 478 737 | 451 230 | 529 787 |
45 | Større utstyrsanskaffelser og vedlikehold, kan overførast | 35 965 | 5 943 | 13 210 |
Sum kap. 457 | 514 702 | 457 173 | 542 997 |
Nasjonalt tryggingsorgan (NSM) høyrer administrativt inn under Justis- og beredskapsdepartementet, som også har fagansvaret for NSM i saker som høyrer inn under justis- og beredskapsministeren. Forsvarsdepartementet kan instruere NSM i saker innan ansvarsområdet sitt. Direktoratet er såleis òg ein del av forsvarssektoren. Løyvinga til tiltak som blir sette i verk som ledd i oppfølginga av langtidsplanen for forsvarssektoren, gjeld derfor òg NSM, jf. Prop. 87 S (2023–2024) Forsvarsløftet – for Norges trygghet: Langtidsplan for forsvarssektoren 2025–2036, og Prop. 1 S (2024–2025) for Forsvarsdepartementet.
Auka digital motstandskraft inngår som ledd i arbeidet med å utvikle totalberedskapen. Regjeringa foreslår å styrke førebyggjinga av alvorlege cyberhendingar og den nasjonale evna til hendingshandtering.
I Meld. St. 9 (2022–2023) foreslår regjeringa ei kraftsamling av rettleiingsmiljøa innanfor digital tryggleik. Verksemdsoverdraginga av Norsk senter for informasjonssikring (NorSIS) til NSM, med lokasjon på Gjøvik, er ein del av dette.
Etableringa av KommuneCERT som del av HelseCERT, og tilbod til tilsette i det interkommunale selskapet Kommune-CSIRT om stilling i NSM med lokasjon på Gjøvik, utgjer ein annan del av kraftsamlinga. NSM varetek på denne måten rådgjeving om digital tryggleik for kommunane.
Norsk deltaking i det europeiske satellittnavigasjonsprogrammet Galileo vil gi navigasjonssignal på eigne frekvensar med krypterte signal, noko som gir større motstandsdyktigheit mot falske signal, interferens og tilgang for uvedkommande. Dette er viktig for nød- og beredskapsetatane. Sikker tilgang til offentleg regulerte tenester i Galileo, forkorta PRS, er ein viktig del av motivasjonen for norsk deltaking i Galileo, jf. St. Prp. 54 (2008–2009). Deltaking i programmet og tilgang til PRS inneber etablering av ei kompetent PRS-myndigheit, ei såkalla CPA. PRS-tenesta føreset eit høgt tryggingsnivå, og NSM er tiltenkt rolla som CPA. For å vareta CPA-rolla, må kapasiteten i NSM byggjast opp i perioden 2025–2028.
Det skal i løpet av hausten gjerast ein heilskapleg gjennomgang av oppgåveporteføljen til NSM. Ei vurdering av om oppgåvene og leveransane til forsvarssektoren og sivil side er formålstenlege for å handtere det framtidige utfordringsbiletet, vil vere sentralt i arbeidet.
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga på posten skal dekke alle ordinære driftsutgifter og investeringar for NSM.
Det er viktig for det nasjonale førebyggjande tryggingsarbeidet at NSM evnar å vareta samfunnsoppdraget sitt. Det er i Prop. 19 S (2023–2024) og Prop. 104 S (2023–2024) (revidert nasjonalbudsjett) gjort greie for den manglande balansen mellom dei vedtekne løyvingane til NSM og dei forpliktingane til lønn og husleige som verksemda har utløyst gjennom 2022 og 2023.
NSM har i 2024 gått gjennom den interne forvaltninga si med sikte på å byggje opp god intern styring og kontroll. Verksemda fører vidare kostnadsreduserande tiltak i 2025 for å bidra til å bringe forbruket i samsvar med budsjettet som er løyvd, men tiltaka vil ikkje gi store nok innsparingar til å bringe budsjettet for 2025 i balanse. Regjeringa foreslår å løyve 25 mill. kroner til dette.
Som ledd i totalberedskapen og for å betre den digitale motstandskrafta, foreslår regjeringa å styrke førebyggjing av alvorlege cyberhendingar og styrke nasjonal evne til hendingshandtering med 35 mill. kroner. Midlane skal òg nyttast til ein om korleis samfunnets samla sikkerheitskompetanse kan nyttast som forsterkingsressurs ved nasjonale digitale hendingar. Av dette beløpet er 23,4 mill. kronar tiltenkt som ei varig styrking.
Delar av det faglege ansvaret og oppgåver innan personelltryggleik er overført frå NSM til Sivil klareringsmyndigheit. Det blir derfor foreslått å redusere løyvinga med 6 mill. kroner, mot ein tilsvarande auke på kap. 453, post 01.
Norsk senter for informasjonssikring (NorSIS) er overdratt til NSM. NorSIS har i det vesentlege vore finansiert gjennom tilskot frå Justis- og beredskapsdepartementet på kap. 400, post 70. Det blir derfor foreslått å auke løyvinga under kap. 457, post 01 med 10,5 mill. kroner, mot ein tilsvarande reduksjon av løyvinga på kap. 400, post 70.
NSM vil få myndigheitsoppgåver innafor satellittsystemet Galileo. Løyvinga på kap. 922, post 74 under Nærings- og fiskeridepartementet foreslås redusert med 2,8 mill. kroner, mot ein tilsvarande auke under kap. 457, post 01.
Det blir foreslått at Justis- og beredskapsdepartementet får fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 457, post 01, mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3457, post 01, jf. forslag til vedtak.
Det er òg endringar som følgje av tidlegare budsjettvedtak og tekniske endringar på posten, som ikkje blir omtalte nærmare.
Regjeringa foreslår ei løyving på posten på 529,8 mill. kroner.
Post 45 Større utstyrsanskaffelser og vedlikehold, kan overføres
Løyvinga på posten skal dekke utgifter til større utstyrsanskaffingar og vedlikehald, medrekna mellom anna teknisk utstyr innanfor Varslingssystem for digital infrastruktur (VDI).
Som ledd i å utvikle totalberedskapen og styrke den digitale motstandskrafta, foreslår regjeringa å styrke førebyggjing av cyberhendingar ved å vidareutvikle nasjonal portal for digital tryggleik og støtteverktøy for digital tryggleik. Regjeringa foreslår å auke løyvinga på posten med 7 mill. kroner i 2025 knytte til desse utviklingsoppgåvene.
Regjeringa foreslår ei løyving på posten på 13,2 mill. kroner.
Kap. 3457 Nasjonal sikkerhetsmyndighet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2023 | Saldert budsjett 2024 | Forslag 2025 |
01 | Inntekter | 48 663 | 36 893 | 37 495 |
Sum kap. 3457 | 48 663 | 36 893 | 37 495 |
Post 01 Inntekter
Inntektene til Nasjonalt tryggingsorgan (NSM) er i hovudsak samansette av medlemsavgifter frå næringslivet til varslingssystemet for digital infrastruktur (VDI), kurs- og konferanseavgifter og brukarbetaling ved tryggleiksgodkjenning av informasjonssystem.
Det blir foreslått å redusere løyvinga med 0,8 mill. kroner, mot ein tilsvarande auke på kap. 3453, post 01, som følgje av overføring av oppgåver og ansvar innan personelltryggleik frå NSM til Sivil klareringsmyndigheit.
Det blir foreslått at Justis- og beredskapsdepartementet får fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 457, post 01, mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3457, post 01, jf. forslag til vedtak.
Regjeringa foreslår ei løyving på posten på 37,5 mill. kroner.
Programkategori 06.60 Andre virksomheter
Utgifter under programkategori 06.60 fordelte på postgrupper
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Post-gr. | Nemning | Rekneskap 2023 | Saldert budsjett 2024 | Forslag 2025 | Endring i pst. |
01–29 | Statens eigne driftsutgifter | 1 875 187 | 1 466 549 | 1 831 364 | 24,9 |
Sum kategori 06.60 | 1 875 187 | 1 466 549 | 1 831 364 | 24,9 |
Utgifter under programkategori 06.60 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2023 | Saldert budsjett 2024 | Forslag 2025 | Endring i pst. |
460 | Spesialenheten for politisaker | 67 745 | 67 132 | 72 738 | 8,4 |
461 | Advokattilsynet | 65 500 | 100,0 | ||
466 | Særskilte straffesaksutgifter m.m. | 1 402 991 | 1 366 567 | 1 651 497 | 20,9 |
467 | Norsk Lovtidend | 7 855 | 8 750 | 10 886 | 24,4 |
468 | Kommisjonen for gjenopptakelse av straffesaker | 23 103 | 24 100 | 30 743 | 27,6 |
469 | Vergemålsordningen | 373 493 | 0,0 | ||
Sum kategori 06.60 | 1 875 187 | 1 466 549 | 1 831 364 | 24,9 |
Innleiing
Programkategori 06.60 omfattar Spesialeininga for politisaker, særskilde straffesaksutgifter m.m. (medrekna bl.a. utgifter til advokat, tolk og sakkunnig i straffesaker), Den rettsmedisinske kommisjonen, Norsk Lovtidend, Kommisjonen for gjenopptaking av straffesaker og fram til 2024 verjemålsordninga.
Målet for programkategori 06.60 Andre virksomheter er rettstryggleik. Alle verksemder og ordningar som ligg under denne programkategorien, bidrar til betre rettstryggleik for ulike grupper menneske i ulike delar av samfunnet.
Prioriteringar i 2025
I samband med revidert nasjonalbudsjett 2024 vart eit varig rettstryggleiksløft vedteke, jf. Prop. 104 S (2023–2024) og Innst. 447 S (2023–2024). Rettstryggleiksløftet omfatta ei rekkje tiltak for å sikre nærleik til domstolane og god rettstryggleik i heile Noreg. Det blir foreslått å føre tiltaka vidare i 2025. Dette er nokre av tiltaka:
Spesialeininga for politisaker har i fleire år hatt behov for auka kapasitet. Sakene blir meir komplekse, og eininga må gjennomføre nødvendige IT-investeringar. Det blir foreslått å auke løyvinga med 4,0 mill. kroner i 2025.
Kommisjonen for gjenopptaking av straffesaker har hatt ei rekkje krevjande saker til behandling dei siste åra, og det har komme inn vesentleg fleire saker enn tidlegare år. I samband med revidert nasjonalbudsjett 2024 vart det løyvd 3,5 mill. kroner til kommisjonen som ei mellombels styrking til eit prosjekt for å arbeide ned restansar og redusere saksbehandlingstida. Dette skal bidra til at saker kan bli behandla innan rimeleg tid, og at rettstryggleiken til individet blir vareteken. Det mellombelse prosjektet skal gå for seg i perioden 2024–2026. Det blir foreslått å auke løyvinga med 6,0 mill. kroner i 2025.
I samband med revidert nasjonalbudsjett 2024, jf. Prop. 104 S (2023–2024) og Innst. 447 S (2023–2024), vart den offentlege rettshjelpssatsen (salærsatsen) auka frå 1 215 kroner til 1 265 kroner frå 1. juli 2024. Det blir foreslått ein rettshjelpssats på 1 315 kroner i 2025.
Regjeringa varsla i juli 2024 at departementet vil setje i gang ei utgreiing av salærordninga og det tilknytte regelverket. Departementet vil setje ned eit breitt samansett utval som vil få i oppdrag å sjå nærmare på utfordringar ved dagens salærsystem. Det blir foreslått å løyve 4 mill. kroner til utvalsarbeidet i 2025 på kap. 400, post 21.
Vidare vil regjeringa innan mai 2025 forskriftsfeste at rettshjelpssatsen skal prisjusterast årleg.
Departementet tek sikte på at advokatlova kan tre i kraft 1. januar 2025. Tilsynsrådet for advokatverksemd endrar namn til Advokattilsynet. Sjå omtale under kap. 461 nedanfor.
Kap. 460 Spesialenheten for politisaker
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2023 | Saldert budsjett 2024 | Forslag 2025 |
01 | Driftsutgifter | 67 745 | 67 132 | 72 738 |
Sum kap. 460 | 67 745 | 67 132 | 72 738 |
Spesialeininga for politisaker skal sikre lik og rettvis behandling av saker som gjeld spørsmålet om tilsette i politiet eller påtalemakta har gjort straffbare handlingar i tenesta. Ved å behandle alle saker mot politiet eller påtalemakta med det same alvoret og like grundig som saker der andre blir sette under straffeforfølging bidrar Spesialeininga for politisaker til rettstryggleik. Spesialeininga for politisaker etterforskar og avgjer påtale i desse sakene og fører dei for domstolane. Eininga skal sikre rettstryggleik både for dei som melder, og for dei som blir melde. Spesialeininga for politisaker set òg i verk etterforsking dersom nokon døyr eller blir alvorleg skada som følgje av tenestutøvinga til politiet eller påtalemakta, sjølv om det ikkje er mistanke om ei straffbar handling. Spesialeininga er ikkje del av politiet, men er administrativt underlagd Justis- og beredskapsdepartementet og fagleg underlagd Riksadvokaten.
Spesialeininga har mykje erfaring med overføringsverdi, og det er derfor viktig at politiet og påtalemakta bruker årsrapportane og vedtaka frå Spesialeininga til utvikling og læring. Eininga får mykje kunnskap om politiet gjennom sakene.
Spesialeininga for politisaker har behov for auka kapasitet. Saksbehandlingstida har vore lang, men ho har blitt betra i 2022 og 2023. Saman med Riksadvokaten er det fastsett eit konkret resultatkrav om at gjennomsnittleg saksbehandlingstid skal vere innanfor 150 dagar. I 2023 var den gjennomsnittlege saksbehandlingstida for avgjorde saker 137 dagar, mot 140 dagar i 2022. I 2023 gjekk talet på saker noko opp. At saksbehandlingstida har blitt lågare dei siste åra, er resultatet av bl.a. ei organisatorisk endring i eininga frå november 2021. Etterforskingsressursane vart samla i ei ny etterforskingsavdeling med kontor i Oslo, Bergen og Trondheim. På Hamar vart det etablert eit felles saksmottak. Avdelinga har eigen leiar i tillegg til spesialetterforskarar, påtalefaglege etterforskingsleiarar og administrativt tilsette. Eininga arbeider òg med å digitalisere ei rekkje arbeidsprosessar. Desse tiltaka har bidratt til å redusere saksbehandlingstida, utan at kvaliteten er blitt dårlegare.
Saksbehandlingstid er viktig for tilliten til Spesialeininga. Sakene må behandlast effektivt og innanfor rimelege fristar. Sakene er ofte alvorlege (sjå boks 2.2), og det er avgjerande at det finst ressursar tilgjengeleg, slik at desse sakene ikkje blir liggjande for lenge.
Boks 2.2 Sakskomplekset i Spesialeininga for politisaker
Spesialeininga for politisaker etterforskar eit mangfald av saker, mange av dei svært alvorlege, ikkje minst saker der personar blir skotne av politiet og døyr. I 2023 vart det reagert med positive påtaleavgjerder i 42 av 1 157 behandla meldingar. Dette utgjer 3 pst. av det samla talet, inkludert dei sakene som ikkje vart etterforska. Dersom ein tek utgangspunkt i de sakene som blir etterforska, er delen positive påtaleavgjerder 10 pst.
Ein tenesteperson vart i 2023 tiltalt for to tilfelle av grov kroppskrenking i ei sak med mykje medieomtale. Tenestepersonen vart frikjend i tingretten, men dømd i lagmannsretten i 2024. Domfelte har anka til Høgsterett.
Saksforhold om politiets maktbruk er i kjerneområdet for verksemda til Spesialeininga, og gjennom åra har ei rekkje tenestepersonar fått strafferettslege reaksjonar for uforholdsmessig og ikkje-nødvendig bruk av makt.
Elles inneheld porteføljen til eininga dei fleste lovbrotskategoriar, som søk om informasjon i interne datasystem utan tenestleg grunn, seksuallovbrot, tenestefeil i samband med våpenbruk (vådeskot), korrupsjon, tjuveri/underslag, brot på vegtrafikklova og brot på føresegnene i straffelova om teieplikt.
Som nemnt ovanfor etterforskar eininga òg saker der personar døyr eller blir alvorleg skadde, og slike saker krev ofte omfattande etterforsking.
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga på posten skal dekke driftsutgifter til Spesialeininga for politisaker som lønn, godtgjersler til advokatar på verv, husleige og andre administrative utgifter. Spesialeininga for politisaker hadde 43 årsverk per 31. desember 2023.
Det blir foreslått å auke løyvinga med 4,0 mill. kroner som ei varig styrking av eininga, jf. Prop. 104 S (2023–2024) og Innst. 447 S (2023–2024).
Det blir foreslått ei løyving på posten på 72,7 mill. kroner.
Kap. 461 Advokattilsynet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2023 | Saldert budsjett 2024 | Forslag 2025 |
01 | Driftsutgifter, kan nyttast under post 21 | 51 500 | ||
21 | Spesielle driftsutgifter, kan overførast, kan nyttast under post 01 | 14 000 | ||
Sum kap. 461 | 65 500 |
Når advokatlova trer i kraft, vil Tilsynsrådet for advokatverksemd endre namn til Advokattilsynet. Det følgjer av advokatlova § 43 første ledd at Advokattilsynet skal vere eit uavhengig forvaltningsorgan som ikkje kan bli instruert i korleis det skal utøve myndigheita si.
Advokattilsynet kan ikkje bli instruert i behandlinga av enkeltsaker eller i den faglege verksemda elles. Advokattilsynet skal finansierast fullt ut av bransjen gjennom gebyr frå advokatane, jf. advokatlova § 60. Sjå òg omtale under kap. 3461. Finansieringa er ei vidareføring av dagens praksis for Tilsynsrådet for advokatverksemd. Omsynet til sjølvstendet til Advokattilsynet er førande ved fastsetjing av budsjettmodell og organisering av verksemda. Departementet har vidare lagt vekt på at Advokattilsynet skal bli organisert som andre statlege verksemder, men at særpreg ved organet skal bli varetekne.
Departementet har i samråd med Tilsynsrådet for advokatverksemd fastsett at driftsutgiftene skal vere på 51,5 mill. kroner i 2025, slik at løyvingsforslaget på kap. 461, post 01 er på 51,5 mill. kroner. Advokattilsynet skal bli finansiert av advokatane, og gebyret for 2025 er sett til 4 500 kroner. Inntektene frå bl.a. gebyr frå advokatar, refusjonskrav frå bokettersyn og refusjonskrav frå forvaltarordninga er ut frå dette estimerte til 47 mill. kroner.
Tilsynsrådet har om lag 14 mill. kroner i likvidar ved overgangen til Advokattilsynet. Det blir foreslått ei løyving på 14,0 mill. kroner på kap. 3461, post 02, jf. omtale nedanfor. For å balansere inntekter og utgifter, blir det foreslått å opprette ein tilsvarande utgiftspost, kap. 461, post 21 Spesielle driftsutgifter. Det blir foreslått å føye til posten stikkordet «kan overføres», jf. forslag til vedtak.
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga på posten skal dekke driftsutgifter til Advokattilsynet som lønn, husleige og andre administrative kostnader knytte til drifta av Advokattilsynet.
Det blir foreslått at Justis- og beredskapsdepartementet i 2025 får fullmakt til å overskride løyvinga på kap. 461, post 01, mot tilsvarande meirinntekter på kap. 3461, post 01, jf. forslag til vedtak.
Det blir foreslått ei løyving på posten på 51,5 mill. kroner.
Post 21 Spesielle driftsutgifter
Sjå omtale under kap. 3461, post 02. Løyvinga på posten må ein sjå i samsvar med kap. 3461, post 02.
I oppstartsåret 2025 blir løyvinga ei teknisk utgift for å balansere inntekter og utgifter i budsjettet og for at det skal vere mogleg å overføre løyvinga frå eit år til eit anna.
Det blir foreslått at Justis- og beredskapsdepartementet i 2025 får fullmakt til å overskride løyvinga på kap. 461, post 21, mot tilsvarande meirinntekter på kap. 3461, post 02, jf. forslag til vedtak.
Det blir foreslått ei løyving på posten på 14 mill. kroner.
Kap. 3461 Advokattilsynet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2023 | Saldert budsjett 2024 | Forslag 2025 |
01 | Bidrag fra advokater og forvalterordning | 51 500 | ||
02 | Diverse inntekter | 14 000 | ||
Sum kap. 3461 | 65 500 |
Advokattilsynet skal bli finansiert av bransjen gjennom årlege bidrag frå advokatane, jf. advokatlova § 60. Det vil bli innført eit gebyr som skal finansiere drifta av Advokattilsynet, jf. Finansdepartementets rundskriv R-112 Bestemmelser om statlig gebyr og avgiftsfinansiering. Gebyret blir fastsett til sjølvkost. I 2025 er gebyret 4 500 kroner. Vidare foreslår departementet at også gebyr for forseinka betaling i medhald av advokatlova § 60 andre ledd blir førte på post 01 Bidrag fra advokater og forvalterordning.
Post 01 Bidrag fra advokater og forvalterordning
Årlege bidrag frå advokatane til drift av Advokattilsynet blir førte på denne posten. I tillegg blir gebyr for forseinka betaling i medhald av advokatlova § 60 andre ledd førte på posten.
Det blir foreslått ei løyving på posten på 51,5 mill. kroner.
Post 02 Diverse inntekter
I oppstartsåret blir likviditetsbehaldninga ført på denne posten. Sjå òg omtale under kap. 461, post 21.
Det blir foreslått ei løyving på posten på 14 mill. kroner.
Kap. 466 Særskilte straffesaksutgifter m.m.
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2023 | Saldert budsjett 2024 | Forslag 2025 |
01 | Driftsutgifter | 1 402 991 | 1 366 567 | 1 651 497 |
Sum kap. 466 | 1 402 991 | 1 366 567 | 1 651 497 |
Juridisk hjelp i straffesaker bidrar til god rettstryggleik for den enkelte ved å sikre at ein får kvalifisert hjelp anten ein er sikta, tiltalt, fornærma eller pårørande. På denne måten kan ei rettssak gå meir rettvist for seg.
Lov 12. mai 2022 nr. 28 om advokater og andre som yter rettslig bistand (advokatlova) vart vedteken av Stortinget 3. mai 2022 og sanksjonert av Kongen i statsråd 12. mai 2022. Lova inneber ei heilskapleg regulering av verksemda til advokatane og av høvet til å yte rettsleg hjelp for andre enn advokatar. Eit lettare tilgjengeleg regelverk er viktig både for advokatar og for det rettssøkande publikummet. Overgangsreglar og mindre lovendringar i advokatlova og andre lover vart vedtekne av Stortinget 11. juni 2024 og sanksjonert av Kongen i statsråd 21. juni 2024. Ny advokatforskrift må også vere på plass før advokatlova kan tre i kraft. Departementet tek sikte på at advokatlova kan tre i kraft 1. januar 2025.
Salær til offentleg oppnemnde forsvararar, bistandsadvokatar, sakkunnige og tolkar er regulerte gjennom salærforskrifta og stykkprisforskrifta. Departementet og Advokatforeningen inngjekk i juni 2022 ein ny avtale om å opprette eit uavhengig salærråd. Salærrådet kom med ei tilråding i november 2023 og ei tilleggsfråsegn i juni 2024. Rådet tok utgangspunkt i tilrådinga si for 2023, justert for prisvekst, og tilrådde ein sats på 1 464 kroner i 2024. Rådet heldt i tilrådinga si for 2023 fram at ein eingongsauke til det tilrådde nivået vil ha store budsjettmessige konsekvensar. Salærrådet peikar på at ei gradvis opptrapping av satsen er ei aktuell tilnærming.
I samband med revidert nasjonalbudsjett 2024, jf. Prop. 104 S (2023–2024) og Innst. 447 S (2023–2024), vart den offentlege rettshjelpssatsen (salærsatsen) auka frå 1 215 kroner til 1 265 kroner frå 1. juli 2024. Det blir foreslått ein rettshjelpssats på 1 315 kroner i 2025. Forslaget inneber at satsen totalt har blitt auka med 230 kroner, tilsvarande 21 pst. i perioden 2022–2025. Til samanlikning vart satsen auka med 140 kroner, tilsvarande 14,5 pst., i åtteårsperioden 2014–2021.
Den rettsmedisinske kommisjonen
Hovudoppgåva til Den rettsmedisinske kommisjonen (DRK) er å kvalitetssikre rettsmedisinske erklæringar og utsegner som sakkunnige gir i straffesaker, noko som er viktig for å sikre rettstryggleiken til den enkelte.
Talet på sakkunnige erklæringar som blir sende til DRK for kvalitetssikring, har vore jamt aukande over mange år og har sidan 2019 lege på litt over 10 000 erklæringar per år. I 2023 tok kommisjonen imot 10 633 erklæringar og behandla 10 925 erklæringar. Om lag 46 pst. av dei innkomne erklæringane er innanfor fagområdet rettspatologi og klinisk rettsmedisin. Dei andre fagområda er toksikologi, genetikk og psykiatri.
Kommisjonen har over fleire år arbeidd med alternative tiltak og arbeidsformer for å effektivisere drifta ved DRK.
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga på posten dekker i hovudsak utgifter til juridisk hjelp i straffesaker til personar som har rett til advokathjelp i medhald av straffeprosesslova kap. 9 og 9a. Dette er personar som har status som sikta eller tiltalt, fornærma, pårørande til fornærma eller etterlatne etter fornærma i ei straffesak. Løyvinga dekker utgifter til salær og reise- og kostgodtgjersle til forsvararar, bistandsadvokatar, tolkar og sakkunnige som er oppnemnde av retten eller av Kommisjonen for gjenopptaking av straffesaker.
Løyvinga dekker vidare tapt arbeidsforteneste for tolkar utan salærrett og sakkunnige i straffesaker, enkelte utgifter til Den rettsmedisinske kommisjonen, som honorar og/eller godtgjersle og reise- og kursutgifter, og dessutan salær og reise- og opphaldsutgifter til aktorar i militære straffesaker.
Løyvinga dekker òg godtgjersle til særskild advokat i saker om førehandskontroll av tilrettelagd innhenting, jf. ny lov om Etterretningstenesta.
Dei totale utgiftene på posten er i hovudsak avhengige av mengda straffesaker og omfanget av dei, talet på oppnemnde forsvararar eller bistandsadvokatar, bruken av tolkar og sakkunnige og nivået på den offentlege salærsatsen.
Det blir foreslått å auke løyvinga med 1,4 mill. kroner til å gjennomføre lovendringar og til å etablere eit hurtigspor for behandling av straffesaker i Oslo der gjerningspersonen er under 18 år, jf. Prop. 114 L (2023–2024).
Det blir foreslått ei løyving på posten på 1 651 mill. kroner.
Kap. 467 Norsk Lovtidend
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2023 | Saldert budsjett 2024 | Forslag 2025 |
01 | Driftsutgifter | 7 855 | 8 750 | 10 886 |
Sum kap. 467 | 7 855 | 8 750 | 10 886 |
Norsk Lovtidend sørger for at lover og reglar er tilgjengelege for allmenta, og at regelverksendringar kan bli kunngjorde raskt, noko som er eit viktig prinsipp for rettstryggleiken. Norsk Lovtidend blir publisert av stiftinga Lovdata på vegner av Justis- og beredskapsdepartementet.
Det har vore ein auke i talet på journalførte dokument og sentrale og lokale forskrifter. I 2024 er det usikkert kor mange lokale forskrifter som vil bli kunngjorde med heimel i ny opplæringslov. Det er venta ein auke i talet på kunngjeringar. Arbeidet som Lovdata utfører i 2024, blir avrekna på slutten av året og fakturert i 2025.
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga på posten dekker utgifter til tilrettelegging av manuskript og arbeidet med den elektroniske utgåva av Norsk Lovtidend.
Det blir foreslått ei løyving på posten på 10,9 mill. kroner.
Kap. 468 Kommisjonen for gjenopptakelse av straffesaker
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2023 | Saldert budsjett 2024 | Forslag 2025 |
01 | Driftsutgifter | 23 103 | 24 100 | 30 743 |
Sum kap. 468 | 23 103 | 24 100 | 30 743 |
Kommisjonen for gjenopptaking av straffesaker er eit uavhengig forvaltningsorgan som skal behandle krav om gjenopptaking av straffesaker som er rettskraftig avgjorde i domstolane. Kommisjonen skal rettleie, greie ut og avgjere sakene. Gjennom å opne for at domfelte kan få saka si prøvd på nytt i rettssystemet, bidrar Gjenopptakingskommisjonen til å sikre rettstryggleiken til den domfelte.
Gjenopptakingskommisjonen skal ta stilling til om ein domfelt med rettskraftig straffedom skal få ny behandling av saka si i retten. Kommisjonen har hatt ei rekkje krevjande saker til behandling dei siste åra. Det har dessutan komme inn vesentleg fleire saker til behandling enn tidlegare år, mange av dei krevjande og omfattande. I 2019 tok kommisjonen imot 153 saker, og i 2023 var talet 261. Det har kravd store ressursar og medført at saksbehandlingstida har auka. Kommisjonen avgjorde 210 saker i 2023 mot 213 saker i 2022. I samband med revidert nasjonalbudsjett 2024 vart løyvinga til Gjenopptakingskommisjonen auka med 3,5 mill. kroner, som ei mellombels styrking til eit prosjekt for å arbeide ned restansar og redusere saksbehandlingstida. Dette skal bidra til at saker kan bli behandla innan rimeleg tid, og at rettstryggleiken til individet blir vareteken. Det mellombelse prosjektet skal gå for seg i perioden 2024–2026.
Gjennom åra har saker som reiser tvil ved om den domfelte var strafferettsleg tilrekneleg, utgjort ein relativt stor del av dei sakene kommisjonen har opna. Dette er noko politiet òg må vere merksame på, for evaluering og læring. Av dei totalt 158 realitetsvurderte sakene i 2023 vart 61 opna att, mot 44 året før. Det var 27 av sakene som vart opna att som følgje av tvil om den domfelte var strafferettsleg tilrekneleg.
Utilreknelegreglane er nyleg endra slik at ein større grad av skjønn kan bli avgjerande. Det er mogleg at dette kan generere fleire saker for Gjenopptakingskommisjonen. Kommisjonen har jamleg fått større mengder med saker knytte til eit særskilt saksområde. I 2023, som i 2022, har det vore ei rekkje saker knytte til kroppsvisitasjonar. Av sakene som vart ferdigbehandla i 2023, vart straffutmålinga opna att i 17 av 31 saker. Regjeringa har oppnemnt eit uavhengig utval, Baneheia-utvalet, som bl.a. skal gjennomgå Kommisjonen for gjenopptaking av straffesaker. Baneheia-utvalet skal levere ei utgreiing innan utgangen av 2024.
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga på posten dekker driftsutgifter til medlemmene av Gjenopptakingskommisjonen, lønn til tilsette i sekretariatet og andre driftsutgifter for kommisjonen og sekretariatet. Sekretariatet hadde 14 årsverk i 2023. Det blir foreslått å auke løyvinga med 6,0 mill. kroner i 2025 til eit mellombels prosjekt for å arbeide ned restansar og redusere saksbehandlingstida i kommisjonen.
Det blir foreslått ei løyving på posten på 30,7 mill. kroner.
Programkategori 06.70 Statens sivilrettsforvaltning, rettshjelp, erstatningsordninger m.m.
Utgifter under programkategori 06.70 fordelte på postgrupper
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Post-gr. | Nemning | Rekneskap 2023 | Saldert budsjett 2024 | Forslag 2025 | Endring i pst. |
01–29 | Statens eigne driftsutgifter | 888 467 | 1 221 309 | 1 326 280 | 8,6 |
50–89 | Overføringar til andre | 756 305 | 765 865 | 962 554 | 25,7 |
Sum kategori 06.70 | 1 644 772 | 1 987 174 | 2 288 834 | 15,2 |
Utgifter under programkategori 06.70 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2023 | Saldert budsjett 2024 | Forslag 2025 | Endring i pst. |
470 | Fri rettshjelp | 736 565 | 908 566 | 963 395 | 6,0 |
471 | Statens erstatningsansvar og Stortingets rettferdsvederlagsordning | 163 841 | 237 418 | 276 702 | 16,5 |
473 | Statens sivilrettsforvaltning | 603 885 | 701 766 | 893 991 | 27,4 |
475 | Bobehandling | 140 481 | 139 424 | 154 746 | 11,0 |
Sum kategori 06.70 | 1 644 772 | 1 987 174 | 2 288 834 | 15,2 |
Innleiing
Programkategori 06.70 omfattar utgifter til fri rettshjelp, tilskotsordninga for spesielle rettshjelpstiltak, erstatningsansvaret til staten, erstatning i samband med straffeforfølging, rettferdsvederlagsordninga til Stortinget, Statens sivilrettsforvaltning, valdserstatningsordninga og garantiordninga for bubehandling.
Målet for programkategori 06.70 Statens sivilrettsforvaltning, fri rettshjelp, erstatningsordninger m.m. er rettstryggleik.
Felles for dei ulike ordningane i denne programkategorien er at dei varetek rettstryggleiken til den enkelte gjennom hjelp og støtte til rettshjelp eller gjennom erstatning frå staten i visse tilfelle.
Prioriteringar i 2025
Regjeringa la i 2023 fram Prop. 124 L (2022–2023) Endringer i rettshjelploven (ny modell for økonomisk behovsprøving) for Stortinget, jf. oppmodingsvedtak nr. 49, 2. desember 2021. Endringane vart vedtekne av Stortinget 15. desember 2023 og sanksjonerte i statsråd 20. desember 2023. Departementet tek sikte på at den nye modellen for behovsprøvd rettshjelp vil tre i kraft i løpet av 2025. Med den nye modellen vil fleire personar bli omfatta av ordninga. Dekningsgraden til ordninga, altså delen av hushald som fell inn under ordninga, er anslått til å auke frå om lag 16 til 33 pst. samla sett. Den nye modellen inneber bl.a. nye kriterium for behovsprøvinga når det blir innvilga rettshjelp. I staden for separate krav til inntekt og formue skal det takast utgangspunkt i den samla betalingsevna til søkaren. Søkarar med forsørgaransvar skal ha frådrag. I staden for at grensa for rettshjelp er fastsett til eit bestemt kronebeløp, blir grensa sett til fem gonger grunnbeløpet i folketrygda. Grensa vil då bli justert årleg, slik at ordninga ikkje blir svekt over tid. Det blir vidare innført prosentvise eigendelar som blir fastsette på bakgrunn av betalingsevna til søkaren, og som aukar med betalingsevna. Eigendelen blir betalt ut frå dei samla advokatutgiftene i saka. Den nye modellen for behovsprøvd rettshjelp vil gi vesentleg fleire personar rett på behovsprøvd rettshjelp. Departementet meiner likevel at det ikkje er nødvendig å auke den samla løyvinga til rettshjelpsordninga frå inneverande nivå, ettersom nivået på løyvinga i dag er høgare enn dei faktiske utgiftene som knyter seg til ordninga.
Regjeringa foreslo i samband med revidert nasjonalbudsjett 2024 eit løft for rettstryggleiken, jf. Prop. 104 S (2023–2024) og Innst. 447 S (2023–2024). Satsinga inneber ei rekkje tiltak for å sikre nærleik til domstolane og god rettstryggleik i heile Noreg. Det blir foreslått å vidareføre tiltaka i 2025. Det blir mellom anna foreslått å auke løyvinga til Kontoret for valdsoffererstatning (KFV) med 4,0 mill. kroner i 2025. Auken skal nyttast til eit mellombels prosjekt for å arbeide ned restansar og redusere saksbehandlingstida ved kontoret.
Departementet har sendt på høyring eit forslag om ein ny modell for godtgjersle til verjer. Forslaget inneber ei oppheving av skiljet mellom verjeoppdrag som omhandlar høvesvis økonomiske og personlege forhold og ei heving av dei faste satsane for økonomisk godtgjersle til verjer. Det blir foreslått ein modell med eit skilje i godtgjersla til høvesvis alminnelege og faste verjer, og dessutan eit skilje mellom ordinære og særleg krevjande oppdrag.
Kap. 470 Fri rettshjelp
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2023 | Saldert budsjett 2024 | Forslag 2025 |
01 | Driftsutgifter | 665 821 | 839 271 | 893 543 |
72 | Tilskudd til spesielle rettshjelptiltak | 70 744 | 69 295 | 69 852 |
Sum kap. 470 | 736 565 | 908 566 | 963 395 |
Rettshjelpslova med forskrifter gir reglar om offentleg stønad til rettshjelp for dei som har behov for rettshjelp, men som ikkje har økonomi til å dekke utgiftene sjølv. Etter lova kan stønaden bli gitt i form av fritt rettsråd, fri sakførsel eller fritak for rettsgebyr. Fritt rettsråd og fri sakførsel inneber at den som har behov for rettshjelp, får hjelp frå ein advokat eller frå andre rettshjelparar. Tenesta blir heilt eller delvis betalt av det offentlege på grunnlag av rettshjelpssatsen. Statens sivilrettsforvaltning (SRF) er klageinstans for vedtak som er gjorde av statsforvaltarane, av barneverns- og helsenemnda og av kontrollkommisjonane for psykisk helsevern. SRF etatsstyrer statsforvaltarane på rettshjelpsområdet og skal bidra til styrkt kompetanse blant statsforvaltarembeta og sikre einsarta praksis.
Fri rettshjelp blir gitt både med og utan behovsprøving. Fri rettshjelp utan behovsprøving inneber fri rettshjelp uavhengig av inntekt og formue, og det blir gitt på dei saksområda som har særleg mykje å seie personleg eller velferdsmessig, som t.d. barnevernssaker. I andre typar saker er ordninga med fri rettshjelp behovsprøvd. Personar som har krav på behovsprøvd rettshjelp, har inntekt og formue under fastsette grenser.
Utgiftene til fri rettshjelp har vore avtakande i perioden 2016–2022, både nominelt og reelt. Den reelle nedgangen i rettshjelpsutgifter frå 2016 til 2022 var på 12,5 pst. Årsaka til dette er samansett. Ein grunn er at dei økonomiske grensene har blitt vidareførte nominelt kvart år i perioden. Over tid har dette ført til at ein stadig mindre del av befolkninga har hatt krav på behovsprøvd rettshjelp. Men tre fjerdedelar av den totale reduksjonen i rettshjelpsutgifter kjem frå saksområde der det blir innvilga fri rettshjelp uavhengig av inntekta og formuen til søkaren. Dette kjem i hovudsak av ein betydeleg nedgang i talet på barnevernssaker og utlendingssaker i perioden.
I 2023 var det derimot ein auke i utgiftene til fri rettshjelp, jf. figuren nedanfor. Det er eit resultat av fleire forhold, bl.a. innføring av ny barnevernslov frå 1. januar 2023, i tillegg til ein auke i satsen for reisefråvær og nye grenser for formue og inntekt for å få behovsprøvd rettshjelp.
Justis- og beredskapsdepartementet sette i november 2022 ned ei arbeidsgruppe som fekk i oppdrag å greie ut ei førstelinjeteneste for rettshjelp. Arbeidsgruppa leverte rapporten sin i juni 2023. Rapporten er no til oppfølging i departementet og vil inngå i det vidare arbeidet til departementet på rettshjelpsfeltet.
Justis- og beredskapsdepartementet har med heimel i rettshjelpslova § 7 tredje ledd etablert eit særleg rettshjelpstiltak utan økonomisk behovsprøving for personar som er omfatta av den feilaktige praktiseringa av trygderegelverket til Nav. Ordninga omfattar personar som feilaktig har fått vedtak om stans i, avslag på og/eller tilbakebetaling av sjukepengar, arbeidsavklaringspengar (rehabiliteringspengar/attføringspengar) og pleiepengar fordi dei frå og med 1994 har opphalde seg mellombels i eit anna EØS-land. Ordninga gjeld saker der det nye vedtaket ikkje endar med full omgjering til gunst for den det gjeld. I 2022 og 2023 fekk statsforvaltaren høvesvis 52 og 19 saker gjennom ordninga. SRF, som behandlar ev. klagar, fekk ikkje saker til behandling i perioden 2022–2023. Mange søkarar får medhald i saka si hos Nav, noko som kan forklare at det ikkje har komme inn fleire saker gjennom ordninga.
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga på posten skal dekke utgifter til advokat, sakkunnige og meddommarar m.m. i saker der det er gitt fri sakførsel etter reglane i rettshjelpslova. Fri sakførsel blir gitt i saker for domstolane og for særskilde forvaltningsorgan som barneverns- og helsenemnda, kontrollkommisjonen (for psykisk helsevern), smittevernnemnda m.m. I tillegg dekker løyvinga utgifter til advokat og rettshjelp i saker der det heilt eller delvis er løyvd fritt rettsråd etter reglane i rettshjelpslova. Fritt rettsråd er juridisk rådgiving i saker som ikkje er til behandling i domstolane eller eit anna organ der det kan bli gitt fri sakførsel. Posten er regelstyrt.
Det blir foreslått ei løyving på posten på 893,5 mill. kroner.
Post 72 Tilskudd til spesielle rettshjelpstiltak
Justis- og beredskapsdepartementet gir tilskot til spesielle rettshjelpstiltak. Løyvinga på posten dekker tilskot for å sikre rettstryggleiksarbeid, rettshjelpsverksemd og rettspolitisk arbeid. Formålet med tilskotsordninga er å gi kostnadseffektive rettshjelpstilbod til utsette grupper og menneske som er i ein spesielt vanskeleg situasjon, og som kan oppleve at terskelen for å oppsøke ordinær juridisk hjelp er høg. Ordninga blir forvalta av SRF som fordeler heile posten etter søknad frå dei ulike tilskotsmottakarane.
Ordninga er ein viktig del av det totale tilbodet innanfor rettshjelp. Tilskotsmottakarane skal rapportere om måla dei oppnår, erfaringar med tiltaka og bruken av ressursane. Måloppnåinga til tilskotsmottakarane har over år vore gjennomgåande god.
Det blir foreslått ei løyving på posten på 69,9 mill. kroner.
Kap. 3470 Fri rettshjelp
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2023 | Saldert budsjett 2024 | Forslag 2025 |
01 | Tilkjente saksomkostninger m.m. | 3 347 | 4 773 | 4 954 |
02 | Fri rettshjelp, ODA-godkjente utgifter | 5 668 | 5 668 | 5 883 |
Sum kap. 3470 | 9 015 | 10 441 | 10 837 |
Post 01 Tilkjente saksomkostninger m.m.
Sakskostnader som blir tilkjende staten i saker der éin eller begge partar får fri sakførsel (benefiserte saker), blir førte over til denne posten.
Det blir foreslått ei løyving på posten på 5,0 mill. kroner.
Post 02 Fri rettshjelp, ODA-godkjente utgifter
Utgifter til fri rettshjelp til asylsøkarar som har fått avslag på søknad om vern, kan godkjennast som utviklingshjelp (ODA). Dette er i tråd med OECD/DAC sine presiseringar til ODA-regelverket. Sjå utdjupande omtale under kap. 3490 og i Prop. 1 S (2024–2025) for Utanriksdepartementet.
Det blir foreslått ei løyving på posten på 5,9 mill. kroner.
Kap. 471 Statens erstatningsansvar og Stortingets rettferdsvederlagsordning
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2023 | Saldert budsjett 2024 | Forslag 2025 |
71 | Erstatningsansvar m.m., overslagsløyving | 94 009 | 131 572 | 136 572 |
72 | Erstatning i anledning av straffeforfølging, overslagsløyving | 40 362 | 73 727 | 103 800 |
73 | Stortingets rettferdsvederlagsordning | 29 470 | 32 119 | 36 330 |
Sum kap. 471 | 163 841 | 237 418 | 276 702 |
Post 71 Erstatningsansvar m.m., overslagsbevilgning
Posten blir nytta når staten blir dømd til eller har inngått forlik om å betale erstatning fordi staten er ansvarleg etter ulovfesta eller lovfesta erstatningsrettslege reglar. Posten blir òg belasta når staten betaler ut erstatning utan at det har oppstått usemje om erstatningsansvaret i desse sakene. Posten blir vidare brukt til å dekke sakskostnadene til ein motpart og til å dekke forseinkingsrenter som er tilkomne fram til éin månad etter at ein dom vart rettskraftig. Utbetaling av erstatning i kontraktsforhold kan ikkje belastast posten. Finst det andre budsjettpostar som dekker dei aktuelle utgiftene, skal ikkje erstatningsutbetalingane bli belasta denne posten. Sjå elles rundskriv G-01/2017. Løyvinga på posten er regelstyrt og er ei overslagsløyving.
Det blir foreslått ei løyving på posten på 136,6 mill. kroner.
Post 72 Erstatning i anledning av straffeforfølging, overslagsbevilgning
Løyvinga på posten blir belasta ved utbetaling av erstatning i samband med straffeforfølging etter straffeprosesslova kap. 31 og ved dekking av sakskostnadene til motparten etter straffeprosesslova § 438. SRF avgjer krav om erstatning i samband med straffeforfølging og betaler ut ev. erstatning. Posten blir også nytta når staten blir dømd til å betale sakskostnadene til motparten etter straffeprosesslova § 438. Det er politidistriktet eller påtalemakta som utøver partsstillinga på vegner av staten, som betaler ut, ikkje domstolen. Forseinkingsrenter på sakskostnadene som er tilkomne fram til éin månad etter at ein dom vart rettskraftig, kan belastast posten. Forseinkingsrenter som er komne til etter dette tidspunktet, skal belastast driftsbudsjettet til verksemda.
Ein person som har vore sikta, tiltalt eller dømd for ei straffbar handling, kan ha rett til erstatning for økonomisk tap og oppreisning dersom vedkommande blir frifunnen, dersom forfølginga mot vedkommande blir innstilt, eller dersom vedkommande har vore pågripen eller fengsla i strid med sentrale menneskerettskonvensjonar. Oppreisning for fridomsrøving følgjer faste satsar. Statens sivilrettsforvaltning (SRF) behandlar og avgjer krav om erstatning etter straffeforfølging.
Saksinngangen i 2023 var på nivå med inngangen i 2022, og SRF fekk inn om lag 1 290 nye krav om erstatning. SRF behandla om lag 1 000 saker i 2023, omtrent like mange som året før. I 2023 har restansane auka monnaleg, frå om lag 620 saker i 2022 til 1 000 saker i 2023. SRF opplyser at det er uvisse knytt til restansetala for 2022 og 2023 pga. overgang til nytt saksbehandlingssystem i 2022. Den gjennomsnittlege saksbehandlingstida har auka med 2,6 md. samanlikna med 2022. Delen som fekk tilkjend erstatning i 2023, var 39 pst.
Utgiftene til erstatning i samband med straffeforfølging varierer frå år til år. Utbetalingane er først og fremst avhengige av kva type saker som er til behandling. Krav om erstatning etter gjenopning av domfellingar etter uriktig praktisering av EØS-regelverket har hatt høg prioritet. I 2023 behandla SRF elleve saker knytte til uriktig praktisering av EØS-regelverket. Det er behandla 21 saker der kravstillaren gjer gjeldande at det har blitt gjennomført ulovleg ransaking, med tilvising til brevet frå Riksadvokaten 9. april 2021 og rapport av 14. februar 2022 om tvangsmiddelbruk i mindre alvorlege narkotikasaker. I to av sakene vart det utbetalt oppreising. SRF har motteke ytterlegare tre krav som vil bli behandla i 2024. SRF har òg motteke nokre krav der kravstillarane har ført opp at dei har blitt utsette for ulovlege nakenvisitasjonar under opphald i varetekt.
Løyvinga på posten er regelstyrt og er ei overslagsløyving.
Det blir foreslått ei løyving på posten på 103,8 mill. kroner.
Post 73 Stortingets rettferdsvederlagsordning
Posten dekker utbetalingar av rettferdsvederlag. Rettferdsvederlagsordninga er Stortinget si eiga ordning der enkeltpersonar som har komme særleg uheldig ut i møte med det offentlege i forhold til andre på same tid, kan søke om kompensasjon etter skjønn. Statens sivilrettsforvaltning (SRF) er sekretariat for Stortingets utval for rettferdsvederlag.
Talet på innkomne saker auka med 37 pst. frå 2020 til 2022, til 510 saker. I 2023 auka talet på innkomne saker med ytterlegare 15 pst. samanlikna med året før. Auken har truleg samanheng med at SRF har sett i verk fleire tiltak for å følgje opp Stortingets oppmodingsvedtak nr. 111, 26. november 2020, om å gjere rettferdsvederlagsordninga betre kjend.
Det blir foreslått ei løyving på posten på 36,3 mill. kroner.
Kap. 473 Statens sivilrettsforvaltning
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2023 | Saldert budsjett 2024 | Forslag 2025 |
01 | Driftsutgifter | 82 165 | 144 259 | 164 424 |
21 | Spesielle driftsutgifter | 98 355 | 113 567 | |
70 | Erstatning til voldsofre, overslagsløyving | 521 720 | 459 152 | 616 000 |
Sum kap. 473 | 603 885 | 701 766 | 893 991 |
Statens sivilrettsforvaltning (SRF) forvaltar statlege ordningar på tvers av sivil- og strafferetten som skal sikre rettane til individet og rettslikskap og bidra til god rettspleie. SRF har kompetanse til å treffe vedtak innanfor bl.a. verjemålsområdet, fri rettshjelp, erstatning i samband med straffeforfølging og saker etter valdserstatningslova. SRF etatsstyrer statsforvaltarane på områda verjemål og rettshjelp og har dessutan som oppgåve å etatsstyre Kontoret for valdsoffererstatning. SRF er den sentrale myndigheita for rettsoppmodingar om forkynning og bevisopptak etter Haag-konvensjonane av 1965 og 1970. I tillegg utøver SRF sekretariatsfunksjon for Den rettsmedisinske kommisjonen, barnesakkunnig kommisjon, barnevernets tvisteløysingsnemnd, Konkursrådet, kontrollutvalet for kommunikasjonskontroll, Stortingets utval for rettferdsvederlag, klagenemnda for krav om erstatning og kompensasjon for psykiske belastningsskadar som følgje av deltaking i internasjonale operasjonar og tilsynsrådet for tvangsreturar og utlendingsinternatet. I 2023 har SRF fortsett førebuingane til etablering av sekretariatsfunksjon for ein undersøkingskommisjon for partnardrap, nytt varslingsombod for politiet og tilsynsrådet for kriminalomsorga. Varslingsombodet for politiet starta opp arbeidet sitt 1. juli 2024.
Sjå òg omtale under programkategori 06.40 og 06.60.
Valdserstatning – Kontoret for valdsoffererstatning
Frå ny valdserstatningslov tredde i kraft 1. januar 2023, behandlar Kontoret for valdsoffererstatning (KFV) krav om utbetaling av valdserstatning som er tilkjend ved dom, og søknader om valdserstatning i saker der straffesaka er avslutta utan dom. Kontoret har i 2023 også behandla saker etter den tidlegare valdsoffererstatningslova, medrekna saker om regress mot skadevaldaren. SRF behandlar no klagar på vedtak om valdserstatning som er gjorde i første instans, og er likeins klageorgan i saker som skal ferdigbehandlast etter gammal lov.
Saker behandla etter ny valdserstatningslov
Etter ny valdserstatningslov skal valdserstatningskrav som hovudregel behandlast av domstolane som ein del av straffesaka. Staten si utbetaling av valdserstatning skal svare til det beløpet skadevaldaren er halden ansvarleg for i straffesaka. Erstatninga skal utbetalast nærmast direkte etter rettskraftig dom og utan søknadsprosess. I 2023 kom det inn 1 534 krav til KFV etter ny lov, og 1 298 av desse vart ferdigbehandla. KFV har ei gjennomsnittleg saksbehandlingstid på krav på 19 dagar.
Dersom det ikkje finst dom i saka, t.d. fordi politiet har lagt vekk saka, kan den valdsutsette søke KFV om erstatning. Talet på søknader etter ny lov var 1 856 i 2023. KFV ferdigbehandla 983 av søknadene. Gjennomsnittleg saksbehandlingstid for søknader etter ny lov er på 79 dagar.
Saker behandla etter gammal lov
Talet på nye søknader i 2023 var 664, mot 6 170 nye søknader i 2022. Ny lov tredde i kraft 1. januar 2023, og søknadene gjaldt derfor berre saker om tilleggserstatning eller der det var gitt fristutsetjing. Det forklarer den store nedgangen. KFV har behandla 1 716 saker i førsteinstans i 2023, mot 3 983 saker i 2022. Restansane er framleis for høge. I samband med revidert nasjonalbudsjett 2024 vart det løyvd midlar til eit mellombels prosjekt for å arbeide ned restansar etter gammal lov, jf. Prop. 104 S (2023–2024) og Innst. 447 S (2023–2024).
Behandlingstida ved KFV for saker etter gammal lov gjekk opp i 2023. Årsaka til auken i saksbehandlingstida og til at KFV behandla færre saker etter gammal lov i 2023, er bl.a. at det vart gitt føringar frå departementet om at KFV skulle prioritere implementeringa av ny lov og saker etter ny lov. Samstundes skulle alle søknader om valdserstatning behandlast innan rimeleg tid.
I 2023 vart 530 vedtak klaga på. Prosentdelen vedtak som blir klaga på, har auka frå 26 pst. i 2022 til 30 pst. i 2023.
Utbetalingar og regress
Det vart utbetalt om lag 522 mill. kroner i valdserstatning i 2023, samla for ny og gammal lov, jf. figuren nedanfor. Det er ein auke på nærmare 40 pst. frå året før. Etter gammal lov vart det utbetalt 358 mill. kroner, og etter ny lov om lag 164 mill. kroner. Auken i utbetalingar kjem av at det vart utbetalt fleire store beløp i alvorlege saker. Delen søkarar som fekk innvilga erstatning, auka frå 52,7 pst. i 2022 til 54,5 pst. i 2023.
I saker etter ny lov blir det ikkje fatta vedtak om regress. Desse sakene blir fortløpande sende til Statens innkrevjingssentral for innkrevjing. I 2023 gjorde KFV om lag 974 vedtak om regress mot skadevaldar i samband med søknad etter gammal lov, jf. figuren nedanfor. Det vart betalt inn om lag 123 mill. kroner frå skadevaldarar. Det er noko høgare enn året før, men innbetalt regress i 2023 som del av erstatningsutbetalingane same år er lågare enn i 2022.
Kontrollutvalet for kommunikasjonskontroll
Kontrollutvalet for kommunikasjonskontroll (KK-utvalet) er eit uavhengig organ som skal kontrollere at politiet sin bruk av kommunikasjonskontroll, romavlytting og dataavlesing skjer innanfor ramma av lover og instruksar. Utvalet skal òg kontrollere sletting og bruk av overskotsinformasjon og vurdere meldingar og rapportar som politimeistrane sender til Riksadvokatembetet. SRF utøver sekretariatsfunksjonen for utvalet.
Verjemålsordninga
Verjemålsforvaltninga sørger for rettstryggleiken til personar som treng hjelp til å handtere dei økonomiske og personlege forholda sine. Førstelinja i verjemålsforvaltninga er statsforvaltaren. SRF er sentral verjemålsmyndigheit og er bl.a. ansvarleg for klagebehandling og tilsyn med statsforvaltarane. Ordinære verjemål er eit frivillig velferdsgode som byggjer på sjølvråderett. Retten kan unntaksvis fastsetje verjemål og avgrense den rettslege handleevna til personen utan at personen vil, dersom strenge vilkår er oppfylte. Det er viktig at kvart enkelt verjemål er tilpassa ønska og behova til personen, og at verjemålet ikkje blir meir omfattande enn nødvendig. Barn kan få oppnemnd verje dersom dei er utan ei fungerande verje. Statsforvaltaren har òg til oppgåve å utnemne representantar til mindreårige som kjem til Noreg utan foreldre eller andre med foreldreansvar, og som søker vern (asyl), jf. utlendingslova § 98 a. Som førstelinje i verjemålsforvaltninga har statsforvaltaren ansvar for rekruttering, opplæring, rettleiing og tilsyn med verjene og representantane.
Per 31. desember 2023 var det registrert om lag 63 000 verjemål, og om lag 43 000 av desse var for vaksne personar. Av desse var i underkant av 350 fastsette av retten med avgrensingar i rettsleg handleevne. På same tidspunkt var det registrert om lag 21 000 verjemål for mindreårige.
Av om lag 26 500 verjer for vaksne personar var om lag 91 pst. verje for berre éin person, i hovudsak nærståande. Nærståande får som hovudregel ikkje godtgjersle. Ved avslutninga av 2023 forvalta statsforvaltaren nærmare 24 mrd. kroner på vegner av personar med verje.
Stortinget vedtok våren 2023 endringar i verjemålslova som tek sikte på å presisere kva sjølvråderetten betyr, og kor vidt han rekk, bl.a. i lys av dei menneskerettslege pliktene til Noreg. Formålet med endringane er først og fremst å tydeleggjere at alminneleg verjemål er eit frivillig støttetiltak. Endringane tok til å gjelde frå 1. april 2023.
Departementet held fram arbeidet med ein heilskapleg gjennomgang av verjemålsordninga, sjå omtale av oppmodingsvedtak nr. 848 (2020–2021). Medråderett har òg stått sentralt i opplæringa av verjer, og det har vore ei positiv utvikling i talet på verjer som gjennomfører grunnleggjande opplæring og nyttar seg av verjemålsforvaltninga si e-læringsplattform. Det er grunn til å rekne med at meir bruk av e-læringskurs har bidratt til å sikre betre og likare kompetanse hos verjene.
Medråderetten til personen som har verje, og verja si rolle i å støtte opp under retten er godt innarbeidd i verjemålsforvaltninga. Lovendringa i april 2023 tydeleggjer føresetnaden om at vedtak om verjemål skal treffast på grunnlag av ein samtale med personen saka gjeld. Prosentdelen saker der det blir gjennomført samtalar, gjekk opp til 59 pst. i 2023, samanlikna med 46 pst. i 2022. Det er store variasjonar mellom statsforvaltarane, og hos fleire av dei er delen gjennomførte samtalar for låg.
Det viktigaste tiltaket i 2022 og 2023 for meir individtilpassa verjemål har vore prosjektet Fullmaktsregister for innbyggjarar (FUFINN). FUFINN Verjemål er ein del av eit større prosjekt i regi av SKATE3 for å lage ei heilskapleg løysing for digital fullmaktsrepresentasjon. Nye verjefullmakter som verjene etter kvart kan bruke for å utføre tenester digitalt, gir både meir individtilpassa verjemål og betre rettstryggleik for personane med verje. Ved utgangen av 2023 hadde statsforvaltarane oppretta digitale fullmakter i alle verjemåla for vaksne personar, medrekna alle nyoppretta verjemål. SRF sette i gang deling av digitale verjefullmakter til Folkeregisteret 1. november 2023.
Digitalisering er sentralt for å nå målet om betre og meir effektive tenester til brukarane. Prosjektet DIVE (digital verjerekneskap vart i januar 2024 teke opp som prosjekt i programmet Digital Samhandling Offentleg Privat (DSOP). Formålet med DIVE er å digitalisere kontrollen av verjerekneskapane. Digital innhenting av opplysningar frå Skatteetaten og finansnæringa vil gjere det mogleg å kontrollere alle verjerekneskapane. Då kan ein avdekke avvik meir effektivt. Endringar i verjemålsforskrifta for å leggje til rette for digital verjerekneskap vart fastsette i januar 2024. Formålet var å effektivisere innhenting av opplysningar frå finansinstitusjonar m.m.
Arbeidet til verjemålsforvaltninga med å informere meir om privatrettslege alternativ til verjemål, irekna framtidsfullmakter, legalfullmakter og private fullmakter, har hatt positiv effekt. Det har vore ein vesentleg auke i talet på stadfesta framtidsfullmakter som har tredd i kraft, frå om lag 1 000 i 2020 til om lag 3 600 i 2023. Aukande bruk av framtidsfullmakter sikrar at fleire tek kontroll over eiga framtid, og at dei bidrar til å redusere belastninga på verjemålsforvaltninga.
Løyvinga på verjemålsområdet vart frå og med 2024 ført over til Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet sitt felles budsjettkapittel for faste oppgåver som ligg til statsforvaltaren (kap. 1520). I samband med det vart kap. 469 avvikla som prosjektkapittel for verjemålsordninga, og driftsutgiftene vart førte over til kap. 473, post 01 (driftsutgiftene) og post 21 (dei spesielle driftsutgiftene).
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga på posten dekker dei ordinære driftsutgiftene til Statens sivilrettsforvaltning (SRF). Dette omfattar også godtgjersle og reise- og kursutgifter til medlemmer av Stortingets utval for rettferdsvederlag og kontrollutvalet for kommunikasjonskontroll (KK-utvalet). Løyvinga dekker i tillegg dei ordinære driftsutgiftene til Kontoret for valdsoffererstatning (KFV), driftsutgiftene til Den rettsmedisinske kommisjonen (DRK), medrekna sekretariatet til kommisjonen, driftsutgiftene til sekretariatet til KK-utvalet og driftsutgiftene til sekretariatet for Konkursrådet og andre utgifter til Konkursrådet, medrekna godtgjersle og reiseutgifter til medlemmene av rådet. I tillegg dekker løyvinga driftsutgiftene til sekretariatet for tilsynsrådet for tvangsreturar og utlendingsinternat og sekretariatet for partnardrapskommisjonen.
Bemanninga i SRF utgjorde om lag 70 årsverk og KFV hadde om lag 26 årsverk per 31. desember 2023.
Det blir foreslått å auke løyvinga med 4,0 mill. kroner til eit mellombels prosjekt for å arbeide ned restansar hos KFV, jf. Prop. 104 S (2023–2024) og Innst. 447 S (2023–2024).
Det blir foreslått å auke løyvinga med 12,5 mill. kroner for å etablere eit sekretariat for tilsynsrådet for kriminalomsorga i Vardø, jf. omtale under kap. 430, post 01, kap. 430, post 70 og kap. 433, post 70.
Det blir foreslått at Justis- og beredskapsdepartementet i 2025 får fullmakt til å overskride løyvinga på kap. 473, post 01, mot tilsvarande meirinntekter på kap. 3473, post 01, jf. forslag til vedtak.
Vidare blir det foreslått at Justis- og beredskapsdepartementet i 2025 kan nettoføre som utgiftsreduksjon på kap. 473, post 01 inntektene frå å halde kurs og konferansar i regi av Konkursrådet og dessutan inntekter frå anna verksemd som rådet driv, jf. forslag til vedtak.
Det blir foreslått ei løyving på posten på 164,4 mill. kroner.
Post 21 Spesielle driftsutgifter
Løyvinga på posten dekker godtgjersle og utgiftsdekking til verjer, jf. verjemålslova § 30, og til representantar for einslege mindreårige asylsøkarar, i tillegg til nødvendige utgifter til tolk, jf. utlendingslova § 98 f.
Som følgje av dei foreslåtte endringane i modellen for godtgjersle av verjer, blir det foreslått å auke løyvinga med 8,5 mill. kroner i 2025.
Det blir foreslått ei løyving på posten på 113,6 mill. kroner.
Post 70 Erstatning til voldsofre, overslagsbevilgning
Løyvinga på posten dekker erstatning i saker etter valdserstatningslova og valdsoffererstatningslova. Løyvinga på posten er regelstyrt og er ei overslagsløyving.
Det blir foreslått ei løyving på posten på 616,0 mill. kroner.
Kap. 3473 Statens sivilrettsforvaltning
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2023 | Saldert budsjett 2024 | Forslag 2025 |
01 | Diverse inntekter | 587 | 5 | 5 |
02 | ODA-godkjente utgifter | 6 500 | 6 747 | |
Sum kap. 3473 | 587 | 6 505 | 6 752 |
Post 01 Diverse inntekter
Inntektene på posten er inntekter frå kursavgifter som skal dekke utgifter Den rettsmedisinske kommisjonen har i samband med kurs, og ev. andre inntekter.
Det blir foreslått ei løyving på posten på 5 000 kroner.
Post 02 Vergemåls-/representantordningen, ODA-godkjente utgifter
Visse innanlandske utgifter for mottak av asylsøkarar og flyktningar kan etter statistikkdirektiv frå OECD/DAC godkjennast som offisiell utviklingshjelp det første året asylsøkarar og flyktningar er i mottakarlandet. Tiltaka må følgje internasjonale retningslinjer for offisiell utviklingsbistand (ODA) om dei skal kunne reknast som bistand.
Som følgje av at løyvinga på verjemålsområdet frå og med 2024 vart ført over til Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet sitt felles budsjettkapittel for faste oppgåver som ligg til statsforvaltaren (kap. 1520), vart kap. 469 avvikla som prosjektkapittel for verjemålsordninga, og dei spesielle driftsutgiftene vart førte over til kap. 473, post 21. Dei ODA-godkjende utgiftene vart i samband med det overførte til kap. 3473, post 02.
Det blir foreslått ei løyving på posten på 6,7 mill. kroner.
Kap. 475 Bobehandling
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2023 | Saldert budsjett 2024 | Forslag 2025 |
01 | Driftsutgifter, overslagsløyving | 131 958 | 130 500 | 145 483 |
21 | Spesielle driftsutgifter, kan overførast | 8 523 | 8 924 | 9 263 |
Sum kap. 475 | 140 481 | 139 424 | 154 746 |
Post 01 Driftsutgifter, overslagsbevilgning
Løyvinga på posten dekker staten sitt ansvar for utgifter til konkursbehandling i tilfelle der buet eller den som ber om konkurs (rekvirenten), ikkje dekker utgiftene. Dette er regelstyrte utgifter etter konkurslova § 73. Det blir foreslått ei løyving på posten på 145,5 mill. kroner.
Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overføres
Løyvinga på posten skal dekke utgifter til den særskilde garantiordninga til Justis- og beredskapsdepartementet.
Det blir foreslått at Justis- og beredskapsdepartementet under garantiordninga får fullmakt til å pådra staten forpliktingar med inntil 10 mill. kroner utover løyvinga som er gitt over kap. 475, post 21, slik at den totale ramma for nye tilsegner og gammalt ansvar ikkje overstig 33 mill. kroner, jf. forslag til vedtak.
Vidare blir det foreslått at Justis- og beredskapsdepartementet i 2025 får fullmakt til å nettoføre som utgiftsreduksjon over kap. 475, post 21 inntekter under garantiordninga som er betalte tilbake, jf. forslag til vedtak. Slik tilbakebetaling skjer når buet får inn pengar etter at tingretten har betalt ut garantibeløp til bustyraren.
Det blir foreslått ei løyving på posten på 9,3 mill. kroner.
Programkategori 06.80 Svalbardbudsjettet m.m.
Utgifter under programkategori 06.80 fordelte på postgrupper
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Post-gr. | Nemning | Rekneskap 2023 | Saldert budsjett 2024 | Forslag 2025 | Endring i pst. |
01–29 | Statens eigne driftsutgifter | 59 072 | 61 175 | 62 678 | 2,5 |
50–89 | Overføringar til andre | 412 489 | 406 548 | 477 000 | 17,3 |
Sum kategori 06.80 | 471 561 | 467 723 | 539 678 | 15,4 |
Utgifter under programkategori 06.80 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2023 | Saldert budsjett 2024 | Forslag 2025 | Endring i pst. |
480 | Svalbardbudsjettet | 412 489 | 406 548 | 477 000 | 17,3 |
481 | Samfunnet Jan Mayen | 59 072 | 61 175 | 62 678 | 2,5 |
Sum kategori 06.80 | 471 561 | 467 723 | 539 678 | 15,4 |
Innleiing
Programkategori 06.80 Svalbardbudsjettet m.m. omfattar tilskotet til svalbardbudsjettet (kap. 480) og løyvinga til Samfunnet Jan Mayen (kap. 481).
Justis- og beredskapsdepartementet har ansvaret for koordineringa av norsk politikk i polarområda.
Justis- og beredskapsdepartementet har ansvaret for lov om Svalbard (Svalbardlova), lov om Jan Mayen, og lov om Bouvet-øya, Peter I’s øy og Dronning Maud Land m.m. (bilandslova).
Svalbard er den nordlegaste delen av Noreg, og ei arktisk øygruppe innanfor koordinatane 10° og 35° austleg lengd og 74° og 81° nordleg breidd. Svalbard utgjer om lag 16 pst. av det totale landarealet i kongeriket.
Svalbardtraktaten vart underteikna 9. februar 1920 og tok til å gjelde 14. august 1925. Same dag tok Svalbardlova (17. juli 1925 nr. 11) til å gjelde, og Svalbard har sidan den dagen vore ein udeleleg og uavhendeleg del av Kongeriket Noreg.
Justis- og beredskapsdepartementet fremmar svalbardbudsjettet som ein eigen budsjettproposisjon, Prop. 1 S (2024–2025) Svalbardbudsjettet, samstundes med statsbudsjettet.
Justis- og beredskapsdepartementet har starta arbeidet med å revidere bilandsregelverket. Formålet med arbeidet er å rydde opp i og ajourføre regelverk og administrative forhold og dessutan å vurdere den statsrettslege stillinga til Bouvetøya.
Justis- og beredskapsdepartementet koordinerer drifta av og har budsjettansvaret for Samfunnet Jan Mayen.
Justis- og beredskapsdepartementet har ingen løyvingar knytte til områda i og ved Antarktis. For omtale av aktiviteten på forskingsstasjonen Troll viser ein til Prop. 1 S for Klima- og miljødepartementet.
Forskingsstasjonen Troll i Dronning Maud Land er den viktigaste plattforma for norsk forsking i Antarktis. Stasjonen nærmar seg slutten av levetida si og treng oppgradering. Regjeringa har vedteke konsept for det vidare arbeidet med oppgradering av Trollstasjonen. Konseptet er eit heilt nytt bygg med plass til 65 brukarar. Prosjektet er i forprosjektfasen. Regjeringa har avsett 47 mill. kroner til forprosjektet i 2025
Kap. 480 Svalbardbudsjettet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2023 | Saldert budsjett 2024 | Forslag 2025 |
50 | Tilskudd | 412 489 | 406 548 | 477 000 |
Sum kap. 480 | 412 489 | 406 548 | 477 000 |
Kvart år blir det gitt eit tilskot frå statsbudsjettet til å dekke underskotet på svalbardbudsjettet. For 2025 er det foreslått 697,3 mill. kroner i utgifter og 220,3 mill. kroner i inntekter på svalbardbudsjettet. Differansen på 477 mill. kroner dannar grunnlaget for tilskotet på Justis- og beredskapsdepartementet sitt kap. 480, post 50. Til samanlikning var tilskotet til svalbardbudsjettet i saldert budsjett for 2024 406,5 mill. kroner.
I hovudsak er det den statlege administrasjonen av Svalbard som er finansiert over svalbardbudsjettet. Dette inneber bl.a. verksemd på Svalbard som er underlagd Justis- og beredskapsdepartementet, og verksemd som er underlagd andre fagdepartement. Longyearbyen lokalstyre får òg løyvingane sine over svalbardbudsjettet.
Prop. 1 S (2024–2025) Svalbardbudsjettet gir òg ei samla oversikt over statlege løyvingar til svalbardformål som ikkje er finansierte over kap. 480, post 50. Desse utgiftene blir dekte på statsbudsjettet på kapitla til dei enkelte fagdepartementa. Forslaga til løyvingar for 2025 er omtalte nærmare i Vedlegg 1 og 2 til Prop. 1 S (2024–2025) Svalbardbudsjettet.
Måla for svalbardpolitikken
Det er lang tradisjon for brei politisk semje om hovudlinjene i svalbardpolitikken. Dei fem overordna måla for svalbardpolitikken blei første gang formulert i samband med Stortinget si handsaming av meldinga til Stortinget om Svalbard frå 1985, og har ligge fast sidan då. Måla er
ei konsekvent og fast handheving av suvereniteten
å overhalde Svalbardtraktaten på korrekt måte og føre kontroll med at traktaten blir etterlevd
bevaring av ro og stabilitet i området
bevaring av den særeigne villmarksnaturen i området
å halde oppe norske samfunn på øygruppa.
Langsiktig forvaltning av Svalbard i tråd med dei stortingsforankra måla, medverkar til tryggleik for befolkninga på øygruppa og til stabilitet og ei føreseieleg utvikling i regionen. Regjeringa legg vekt på å vidareføre dei lange linjene i forvaltninga av øygruppa, og måla er vidareført i Meld. St. 26 (2023–2024) Svalbard.
Svalbardpolitikken er samansett av ulike politikkområde som alle er ramma inn av dei fem overordna måla. Alle departementa har ei rolle i korleis svalbardpolitikken blir gjennomført og forma ut, og er involverte i arbeidet med å nå måla. Departementa sitt sektoransvar gjeld på Svalbard som på fastlandet. Statsrådane er konstitusjonelt ansvarlege for fagområda til sine departement på Svalbard på same måte som i resten av landet. God forvaltning av Svalbard forutset god koordinering av svalbardsaker mellom departementa og på tvers av forvaltningsnivåa. Justis- og beredskapsdepartementet har ansvaret for å samordne polarsaker i statsforvaltninga, og er tildelt eit eige ansvar for å koordinere norsk svalbardpolitikk.
Utover måla som er fastsette av Stortinget, har Justis- og beredskapsdepartementet eit eige mål for politikken i Arktis og Antarktis: godt forvalta polarområde. Godt forvalta polarområde inneber at polarområda skal forvaltast slik at samordning og styring byggjer opp under dei overordna måla for Svalbard og andre polare strøk.
Ny melding til Stortinget om Svalbard
Regjeringa la i mai fram ei ny, heilskapleg melding til Stortinget om Svalbard, Meld. St. 26 (2023–2024). Dette er den sjette i rekka av svalbardmeldingar. Svalbardmeldingane signaliserer regjeringa sine mål og ambisjonar for forvaltninga av Svalbard, som blir forankra i Stortinget gjennom behandlinga der. Som med dei tidlegare svalbardmeldingane, beskriv òg Meld. St. 26 (2023–2024) mål, utfordringar og moglege tiltak for Svalbard.
Longyearbyen – eit norsk lokalsamfunn
Tabell 2.10 Folketal i Longyearbyen og Ny-Ålesund, 1. januar
År | 2016 | 2017 | 2018 | 2019 | 2020 | 2021 | 2022 | 2023 | 2024 |
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Folketal | 2 152 | 2 145 | 2 214 | 2 258 | 2 428 | 2 459 | 2 504 | 2 530 | 2 617 |
Kjelde: SSB «Befolkningen på Svalbard» 07429: Folketal i Longyearbyen og Ny-Ålesund, Statistikkbanken (ssb.no) , publisert 14. april 2024.
Sidan førre melding frå 2016 har Longyearbyen endra seg enda meir frå eit samfunn basert på kolverksemd til eit meir moderne familiesamfunn med eit differensiert næringsliv. Samstundes har befolkninga auka, og befolkningssamansettinga endra seg. Tal frå SSB syner at folketalet i Longyearbyen og Ny-Ålesund i det første halvåret i 2024 var på om lag 2 600 personar.
Longyearbyen er og skal vere eit livskraftig norsk lokalsamfunn og administrasjonssenter. I Meld. St. 26 (2023–2024) varslar regjeringa at ein vil styrke det norske familiesamfunnet i Longyearbyen. Delen av befolkninga i Longyearbyen som er norske borgarar, har gått ned sidan førre svalbardmelding. For å bygge opp under målet om å halde oppe norske samfunn på øygruppa, vil regjeringa innføre insentiv som gjer det meir attraktivt for nordmenn å flytte til og bli buande på Svalbard. Samstundes vil regjeringa vurdere tiltak som reduserer presset på velferds- og tenestetilbodet i Longyearbyen.
Bustadpolitikken skal legge til rette for ei utvikling av Longyearbyen innanfor måla og rammene i svalbardpolitikken. Det er ikkje eit mål at Longyearbysamfunnet skal vakse, og det er derfor ikkje ønskeleg å legge til rette for vekst i bustadmassen utover nivået før skreda i 2015 og 2017. Samstundes vil regjeringa halde fram med arbeidet med å heve kvaliteten på bustadene i Longyearbyen. Eventuell utskifting av bustader må skje gjennom transformasjon og fortetting.
Dei stortingsforankra måla for svalbardpolitikken omtala over, fordrar at forvaltninga, regelverk og rammer for Svalbard og Longyearbyen blir vurderte og tilpassa etter samfunnsutviklinga og andre relevante utviklingstrekk. Regjeringa har sett i verk fleire endringar i regelverk i 2023 og 2024, og fleire regelverksendringar som omhandlar forholda på Svalbard, har vore på høyring eller er varsla i Meld. St. 26 (2023–2024). Endringane og forslaga til endringar legg til rette for at den langsiktige og føreseielege forvaltninga av Svalbard held fram. Sjå Prop. 1 S (2024–2025) Svalbardbudsjettet for nærmare omtale.
Beredskap og skredsikring
Regjeringa er opptatt av å sikre norsk eigarskap til viktig infrastruktur og eigedom, både på fastlandet og på Svalbard. Regjeringa har varsla at ein vil styrke statleg kontroll med kritisk infrastruktur i Longyearbyen, og gjennomgå ansvar og organisering.
Det har vore ein nedgang i talet på seglingar i farvatna ved Svalbard i 2023 samanlikna med åra før. Talet på redningsoppdrag auka likevel. Trenden er at den maritime aktiviteten i farvatna rundt Svalbard aukar. Større aktivitet i havområda rundt Svalbard har tidlegare ført til at det har blitt fleire redningsoppdrag. Ein må vente at det kan bli fleire redningsaksjonar i framtida.
Sysselmeisteren disponerer monnalege transportressursar, bl.a. tenestefartøyet «MS Polarsyssel» og to AWSAR Super Puma redningshelikopter. Dei samla ressursane er sentrale i rednings- og beredskapssamanheng bl.a. ved fare for skipsforlis, grunnstøyting, oljeutslepp og personskadar. I tillegg er fartøyet avgjerande i dei årlege inspeksjonane av Svalbard og generelt når Sysselmeisteren driv oppsyn og utøver mynde. «Polarsyssel» har helikopterdekk som er tilpassa helikoptera til Sysselmeisteren. Polarsyssel har hatt 203 seglingsdøgn i 2023, samanlikna med 181 i 2022. Sysselmeisteren sine helikopter blir nytta til søk og redning på Svalbard og i nærliggjande område. Svalbard-basen er ein felles operasjon med den sivile redningshelikopterbasen i Tromsø. Sysselmeisteren vil i 2025 prioritere bruk av helikopter og tenestefartøyet til beredskap, søk og redning.
Ein ventar at arbeidet med skredsikring av sentrumsområdet i Longyearbyen blir avslutta i 2024.
Det er løyvd til saman 170 mill. kroner til sikring under fjellet Sukkertoppen. Sikringstiltaka består av støtteforbyggingar i fjellsida og ein fangvoll nedanfor fjellsida. Arbeidet starta opp i 2019 og vart avslutta i 2023. Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har hatt ansvaret for å gjennomføre sikringstiltaka.
Området Nybyen i Longyearbyen vil ikkje bli prioritert for skredsikring. Sikringstiltak mot sørpeskred frå Vannledningsdalen utgjer det avsluttande leddet i sikringsarbeidet for sentrum av Longyearbyen. Sikringstiltaka vart igangsette i 2022. Ein ventar at dei blir ferdigstilte i 2024. Samla kostnad for sikringstiltaket er rekna til 105 mill. kroner. NVE har ansvaret for å gjennomføre sikringstiltaket.
Stortinget har slutta seg til dei overordna rammene for etablering og drift av ny energiløysing i Longyearbyen, jf. Innst. 117 S (2021–2022). Kolkraftverket som forsynte Longyearbyen med kraft og varme, vart stengd ned i oktober 2023. Ein gjekk då over til energiproduksjon med diesel som energiberar i Longyearbyen. På sikt skal fornybare energikjelder fasast inn i energiproduksjonen. Etter nedlegginga av kolkraftverket i Longyearbyen og i samband med etablering av ny energiforsyning, er det behov for å sjå på kva rammer som skal gjelde for energiforsyninga i Longyearbyen.
Tiltak
Regjeringa sin intensjon er at staten tar eit større ansvar for energiforsyninga i Longyearbyen, til dømes ved at det statseigde selskapet Store Norske overtar ansvaret.
NVE har frå 2016 gjennomført regional snøskredvarsling for regionen Nordenskiöld Land. Det har vore ei lokal varslingsteneste for Longyearbyen i perioden fram til permanente sikringstiltak blei fullførte. Behovet for, og ev. organisering av lokal varsling framover, er under vurdering.
Det blei innført både personkontroll og kontroll med vareførselen til og frå øygruppa i 2022, bl.a. for å styrke moglegheita og evna styresmaktene har til å føre kontroll på Svalbard. Regjeringa vil prioritere å følgje opp personkontroll og vareførselskontroll på Svalbard i 2025, og arbeide vidare med reglar om tryggleik i felt.
I 2025 er det hundre år sidan Svalbardlova tok til å gjelde, og Svalbard med det blei innlemma i Kongeriket Noreg. Regjeringa legg opp til å markere hundreårsjubileet.
Post 50 Tilskudd
Løyvinga skal nyttast til å dekke underskotet på svalbardbudsjettet for å sikre at inntektene på svalbardbudsjettet er like store som utgiftene. Bortsett frå tilskotet er skattar og avgifter på Svalbard den største inntektsposten.
Regjeringa foreslår ei løyving på posten på 477 mill. kroner.
Kap. 481 Samfunnet Jan Mayen
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2023 | Saldert budsjett 2024 | Forslag 2025 |
01 | Driftsutgifter | 59 072 | 61 175 | 62 678 |
Sum kap. 481 | 59 072 | 61 175 | 62 678 |
Øya Jan Mayen i Norskehavet er ein del av kongeriket Noreg, jf. lov om Jan Mayen frå 27. februar 1930. Justis- og beredskapsdepartementet har ansvaret for lova.
Norsk nærvær på Jan Mayen blir halde ved lag.
Aktivitet og aktørar på Jan Mayen
Justis- og beredskapsdepartementet har forvaltningsansvaret for Samfunnet Jan Mayen. Samfunnet Jan Mayen blir drifta av Cyberforsvaret, som er ei avdeling i Forsvaret. Ansvaret for drift av infrastruktur på øya, medrekna flystripa, er lagt til Samfunnet Jan Mayen.
Statsforvaltaren i Nordland er statsforvaltar for Jan Mayen.
I tillegg har fleire statlege verksemder overordna ansvar for, eller ansvar på, Jan Mayen. Desse er
Politimeisteren i Nordland
Miljødirektoratet
Norsk Polarinstitutt
Riksantikvaren
Forsvarsbygg
Meteorologisk institutt.
Kongsberg Satellite Services AS (KSAT), har òg verksemd på øya.
Verksemda på Jan Mayen medverkar til norsk nordområdepolitikk på fleire område, bl.a. innan meteorologi- og kommunikasjonstenester. Plasseringa gjer øya godt eigna for referansestasjonar for satellittbaserte navigasjonssystem. Delar av verksemda på Jan Mayen er direkte knytte til oppfølging av internasjonale plikter, som drift av bakkestasjonar for satellittnavigasjonsprogramma til EU og ein seismisk målestasjon for overvaking av avtalen om prøvestans.
Nytt hovudbygg på Jan Mayen
Hovudbygget på Jan Mayen vart oppført tidleg på 1960-talet, med ei levetid rekna til 10 år. Den eksisterande bygningsmassen er i dårleg stand og har større roteskadar. Då ein førte opp hovudbygget, nytta ein bl.a. asbest, noko som gjer det vanskeleg å gjennomføre utbetringar eller renovering ev eksisterande bygningsmasse. Det er ikkje hensiktsmessig å bruke midlar, utover det ein treng til trygging av bygningsmassen, inntil ny stasjonsbygning er på plass.
Forsvarsdepartementet er ansvarleg for prosjektet med nytt hovudbygg. Forsvarsdepartementet har gitt Forsvarsbygg i oppdrag å utarbeide eit forprosjekt for nytt hovudbygg på Jan Mayen, jf. Prop. 1 S (2023–2024) for Forsvarsdepartementet. Prosjektet omfattar nytt hovudbygg, ny storgarasje og erstatning av to naust. Ein planlegg å gjennomføre prosjektet i perioden 2024–2028.
Prosjektet har gjennomgått ekstern kvalitetssikring (KS2). Regjeringa foreslo i samband med revidert nasjonalbudsjett 2024 (Prop. 104 S (2023–2024)) ei investeringsfullmakt for å starte opp og gjennomføre prosjekt for nytt hovudbygg på Jan Mayen med ei kostnadsramme på 1 641 mill. kroner, jf. forslag til romartalsvedtak. Prisnivået er oppgitt i 2024-kroner. I same proposisjon foreslo regjeringa å auke løyvinga på kap. 1710, post 47 med 80 mill. kroner knytt til oppstart av prosjektet. Stortinget slutta seg til forslaga, jf. Innst. 447 S (2023–2024). Sjå elles Prop. 1 S (2024–2025) for Forsvarsdepartementet.
Post 01 Driftsutgifter
Samfunnet Jan Mayen omfattar all felles infrastruktur på øya og personellet som driv infrastrukturen. Samfunnet Jan Mayen yter i dag tenester til Meteorologisk institutt, noko som omfattar bakkestasjonane for EGNOS og Galileo, Telenor Kystradio og seismiske stasjonar. Justis- og beredskapsdepartementet har avtalar med dei ansvarlege institusjonane. Avtalane omfattar bl.a. arbeidsoppgåver som skal utførast av personellet på øya, og dekning av fellesutgifter. Løyvinga skal dekke utgiftene til drifta av fellesfunksjonane på Jan Mayen.
Forsvaret har til ei kvar tid 15 tilsette på øya. Kvar kontingent er på Jan Mayen i seks månader, med rotasjon av personell i mars og september. Stasjonen på Jan Mayen blir leidd av ein militær stasjonssjef som òg er den offisielle representanten for norske styresmakter på øya.
Løyvinga på posten dekker vidare lønn til fem administrativt tilsette på fastlandet. Meteorologisk institutt lønner to tilsette som inngår i den samla besetninga på stasjonen, over sitt budsjett.
Regjeringa foreslår ei løyving på 62,7 mill. kroner på posten.
Kap. 3481 Samfunnet Jan Mayen
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2023 | Saldert budsjett 2024 | Forslag 2025 |
01 | Refusjoner og andre inntekter | 7 364 | 7 137 | 7 408 |
Sum kap. 3481 | 7 364 | 7 137 | 7 408 |
Post 01 Refusjoner og andre inntekter
Inntektsposten omfattar refusjonar for delar av fellesutgiftene for Samfunnet Jan Mayen. Desse blir betalte av Meteorologisk institutt, Kongsberg Satellite Services AS, Telenor Kystradio og andre som kjøper tenester på Jan Mayen. Inntekter frå kioskdrifta på Jan Mayen blir òg førte på denne posten.
Det blir foreslått at Justis- og beredskapsdepartementet i 2025 får fullmakt til å overskride løyvinga på kap. 481, post 01, mot tilsvarande meirinntekter på kap. 3481, post 01, jf. forslag til vedtak.
Regjeringa foreslår ei inntektsløyving på kap. 3481, post 01 Refusjoner og andre inntekter på 7,4 mill. kroner.
Programkategori 06.90 Beskyttelse og innvandring
Utgifter under programkategori 06.90 fordelte på postgrupper
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Post-gr. | Nemning | Rekneskap 2023 | Saldert budsjett 2024 | Forslag 2025 | Endring i pst. |
01–29 | Statens eigne driftsutgifter | 4 980 389 | 3 906 019 | 4 575 398 | 17,1 |
30–49 | Nybygg, anlegg o.a. | 147 624 | 109 936 | 96 076 | -12,6 |
50–89 | Overføringar til andre | 1 236 421 | 1 270 919 | 1 213 388 | -4,5 |
Sum kategori 06.90 | 6 364 434 | 5 286 874 | 5 884 862 | 11,3 |
Utgifter under programkategori 06.90 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2023 | Saldert budsjett 2024 | Forslag 2025 | Endring i pst. |
490 | Utlendingsdirektoratet | 6 069 811 | 4 991 541 | 5 590 156 | 12,0 |
491 | Utlendingsnemnda | 294 623 | 295 333 | 294 706 | -0,2 |
Sum kategori 06.90 | 6 364 434 | 5 286 874 | 5 884 862 | 11,3 |
Innleiing
Programkategorien omfattar løyvinga til Utlendingsdirektoratet (UDI) og Utlendingsnemnda (UNE). Desse verksemdene er ansvarlege for iverksetjing av innvandringspolitikken, ved å behandle søknader og klager knytte til oppphald i Noreg m.m. i samarbeid med politiet og utanrikstenesta (sjå omtale av politiet under programkategori 06.40 og utanrikstenesta under Prop. 1 S (2024–2025) for Utanriksdepartementet). Verksemdene i programkategorien har i hovudsak oppgåver som gjeld målet om kontrollert og berekraftig innvandring og målet om rettstryggleik (sjå definisjon i del I).
Søknader om opphald og statsborgarskap blir leverte til førstelinja i politiet eller ved ein utanriksstasjon. Saker der det er tvil, eller der førstelinja ikkje har mynde til å gjere vedtak, blir sende til UDI for behandling. Søknader om vern (asyl) blir leverte til politiet og behandla av UDI. Klagar på vedtak blir først behandla i UDI, og dersom UDI ikkje gjer om vedtaket, blir dei sende til UNE.
Prioriteringar i 2025
Krigen i Ukraina har ført til at millionar av menneske er fordrivne frå heimlandet, og store innkomstar til Noreg. I følgje prognosane som ligg til grunn for budsjettet kan det kome cirka 16 000 fordrivne frå Ukraina i 2025, i tillegg til 6 000 ordinære asylsøkarar. Regjeringa foreslår ei løyving til innkvartering i asylmottak på 3,8 mrd. kroner i tråd med prognosane, men det er framleis stor uvisse om korleis tala på asylsøkarar som kjem vil utvikle seg. Regjeringa foreslår derfor å vidareføre ei overskridingsfullmakt på 3 mrd. kroner som gjeld innkvartering av utlendingar som søker om vern, jf. forslag til vedtak XX. Regjeringa foreslår og å vidareføre ei mellombels løyving til ekstra administrativ kapasitet i UDI, på 155 mill. kroner i 2025. Sjølv om prognosane for innkomstar i 2025 er lågare enn åra før, er saksbehandling knytt til ukrainarar meir ressurskrevjande enn tidlegare, etter at regjeringa har innført fleire innstrammingstiltak. Vidare er det mykje arbeid knytt til årlege fornying av tillatingar om mellombels kollektivt vern, samt oppfølging av asylmottak. Det er òg ein auke i talet på ukrainarar som søker om tilbakevending til Ukraina med støtte frå norske myndigheiter, og regjeringa foreslår å auke løyvinga knytt til dette med 8,2 mill. kroner. Regjeringa vil gjere ein fullstendig gjennomgang av budsjettkonsekvensane av fordrivne frå Ukraina i samband med revidert nasjonalbudsjett. Sjå og omtale av handteringa av fordrivne frå Ukraina under programkategori 06.40 og i Prop. 1 S (2024–2025) for Arbeids- og inkluderingsdepartementet.
Som følgje av høge innkomstar av ukrainarar og press på kommunanes tenesteapparat foreslår regjeringa å redusere kvoten for overføringsflyktningar m.m., frå 1 000 plasser i 2024 til 200 plassar i 2025. Dette gjer at behovet for løyving til formålet på programkategori 06.90 blir redusert med 22,4 mill. kroner.
På grunn av nødvendige prioriteringar i budsjettet foreslår regjeringa å redusere løyvinga til drift av Utlendingsnemnda med 9 mill. kroner, og å vidareføre stønader til bebuarar i asylmottak på same nominelle nivå som i 2024.
Ei stor utfordring for utlendingsforvaltninga er at IT-systema er utdaterte, noko som gjer at dei både er til hinder for effektiv behandling av saker, det er aukande kostnader med å halde dei i drift, og det er og risiko for nedetid, informasjonssikkerheit og personvern. Regjeringa foreslår å løyve 100,5 mill. kroner til UDI for å starte eit fleirårig investeringsprogram for å modernisere IT-løysingane (korav 16 mill. kroner er midler UDI hadde i ramma til utvikling ogsa i åra før). Regjeringa foreslår også ei kostnadsramme og investeringsfullmakt til prosjektet, jf. forslag til vedtak XI. Prosjektet vil etter kvart bidra til betre og meir effektiv saksavvikling som vil gi større gevinstar både for søkarar, for forvaltninga og for samfunnssikkerheita. I dagens ustabile globale situasjon, med økt migrasjonspress og grenseoverskridande kriminalitet er samfunnet avhengig av at utlendingsforvaltninga fangar opp og kontrollerer opplysningar om identitet tidleg. Prosjektet vil gjere systemportefølja i betre stand til å levere identitets- og opphaldsstatus.
Kap. 490 Utlendingsdirektoratet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2023 | Saldert budsjett 2024 | Forslag 2025 |
01 | Driftsutgifter | 1 338 457 | 1 297 957 | 1 418 495 |
21 | Spesielle driftsutgifter, asylmottak | 3 323 925 | 2 274 108 | 2 822 108 |
22 | Spesielle driftsutgifter, tolk og oversettelse | 18 423 | 31 542 | 32 741 |
23 | Spesielle driftsutgifter, kunnskapsutvikling, kan overførast | 4 961 | 7 079 | 7 348 |
45 | Større utstyrsanskaffelser og vedlikehold, kan overførast | 89 352 | 45 416 | 92 500 |
46 | Investeringer i Schengen IT-systemer, kan overførast | 58 272 | 64 520 | 3 576 |
60 | Tilskudd til vertskommuner for asylmottak | 436 485 | 515 463 | 410 764 |
70 | Stønader til beboere i asylmottak | 582 542 | 563 887 | 616 288 |
71 | Tilskudd til aktivitetstilbud for barn i asylmottak, og veiledning for au pairer | 12 721 | 9 519 | 6 381 |
72 | Assistert retur og reintegrering i hjemlandet, kan overførast | 24 909 | 32 298 | 42 500 |
73 | Beskyttelse til flyktninger utenfor Norge mv., støttetiltak | 18 300 | 14 325 | 10 576 |
74 | Internasjonale forpliktelser, kontingenter mv., kan overførast | 107 732 | 87 894 | 93 264 |
75 | Reiseutgifter for flyktninger fra utlandet, kan overførast | 28 313 | 20 313 | 6 361 |
76 | Internasjonalt migrasjonsarbeid, kan overførast | 25 419 | 27 220 | 27 254 |
Sum kap. 490 | 6 069 811 | 4 991 541 | 5 590 156 |
Innleiing
Hovudoppgåvene til UDI er å behandle søknader etter utlendingslova og statsborgarlova, forvalte innkvarteringstilbodet til asylsøkarar, leggje til rette for retur av personar utan lovleg opphald og tilbakevending for personar med fluktbakgrunn, og å ta ut overføringsflyktningar og handtere ev. anna myndigheitsstyrt overføring av personar på flukt til Noreg. UDI har fagleg instruksjonsmyndigheit overfor politiet og utanrikstenesta i deira oppgåver som førstelinje i utlendingsforvaltninga. UDI har òg ansvar for å drifte og forvalte fellesløysingar for IKT i utlendingsforvaltninga. UDI skal jobbe for å sikre ei rask og effektiv saksbehandling som varetek rettstryggleiken og unngår å setje livet til barn og unge på vent. UDI skal vidare gi fagleg baserte bidrag til utviklinga av lovverket og politikken på innvandringsfeltet.
Behandling av saker
Utgifter til saksbehandling er førte over kap. 490, post 01 og post 22.
Som figuren nedanfor viser, auka talet på ubehandla saker og klagar i UDI betydeleg fram til 2022, sjå òg omtale under del I. Talet på saker og klagar som kom inn til UDI, auka frå om lag 92 000 i 2019 til 113 000 i 2021 og til om lag 166 000 i 2022. Auken var i hovudsak driven av søknader om statsborgarskap og søknader om vern frå ukrainarar. I 2023 vart saksinngangen redusert til om lag 136 000, i all hovudsak som følgje av ein stor reduksjon i talet på søknader om statsborgarskap. UDI behandla like mange saker i 2023 som i 2022, til trass for eit lågare budsjett, og greidde med det å byggje ned restansane frå ca. 80 000 til 60 000. Restansane er venta å auka igjen i 2024 og inn i 2025.
Saker om vern (asyl)
Asylsøkarar som kjem til Noreg, blir registrerte av politiet og får søknaden sin behandla av UDI. Utgangspunktet er at asylsøkarar blir innkvarterte på Nasjonalt ankomstsenter i den første fasen, samstundes som dei får behandla søknaden om vern.
Hovudregelen er at dei som får innvilga vern får eit mellombels opphaldsløyve som gjeld for tre år, som så kan bli fornya. Dei fleste som får innvilga vern, får løyve som gir grunnlag for å søke om permanent opphald og deretter statsborgarskap. For fordrivne frå Ukraina er det ei egen ordning med mellombels kollektivt vern. Mellombels kollektivt vern gir ein berre for eitt år av gongen, og løyvet gir ikkje dei same rettane, sjå nærmare omtale i tekstboks.
Boks 2.3 Mellombels kollektivt vern
Regjeringa innførte 11. mars 2022 ei ordning med mellombels kollektivt vern for personar som er fordrivne frå Ukraina, med heimel i utlendingslova § 34, jf. utlendingsforskrifta § 7-5 a. Ordninga inneber eit unntak frå utgangspunktet om at ein søknad om vern skal vurderast individuelt, då ho opnar for å gi vern etter ei gruppevurdering. Opphald blir gitt for eitt år og kan fornyast eller forlengjast i inntil tre år. Opphaldsløyvet dannar ikkje grunnlag for permanent opphald, men det gir rett til familiesameining og rett til å arbeide. Bakgrunnen for dei særlege føresegnene om forenkla saksbehandling er behovet for effektivitet i ein situasjon der det kjem svært mange asylsøkarar frå same område på kort tid, og at behovet for vern er mellombels. Personar som har fått innvilga mellombels kollektivt vern, skal returnere når situasjonen i opphavslandet tilseier det. Det er Kongen i statsråd som avgjer når ordninga ikkje lenger gjeld.
Regjeringa har to gonger vedteke å forlengje slike opphaldsløyve med eitt år (til saman tre år, som er det lengste lova opnar for). I april i år foreslo departementet for Stortinget å endre utlendingslova, slik at den enkelte utlending kan få mellombels kollektivt vern i heile fem år. Stortinget vil ta stilling til forslaget seinare i haust. Dei som ikkje fell inn under ordninga med mellombels kollektivt vern, får søknaden sin behandla etter dei ordinære reglane om vern.
Regjeringa har gjort fleire justeringar i ordninga med mellombels kollektivt vern det siste året. Det skal bl.a. vurderast, som i alle andre saker om vern, om det er grunnlag for å kalle tilbake det gitte opphaldsløyvet dersom søkaren reiser til Ukraina i strid med føresetnaden for løyvet. Det er òg klargjort at ukrainarar med dobbelt statsborgarskap ikkje skal omfattast av ordninga dersom det andre statsborgarskapet er frå eit land som inngår i UDIs hurtigprosedyre for søknader som er antekne å vere grunnlause. Regjeringa har no også beslutta å stramme inn på ordninga, slik at fleire søkjarar får asylsøknaden vurdert etter det ordinære regelverket. Utlendingsmyndigheitene vurderer per 4. september 2024 tryggleikssituasjonen i enkelte område vest i Ukraina slik at personar frå desse områda ikkje på generelt grunnlag har behov for internasjonalt vern. Nye asylsøkjarar frå slike område vil få asylsøknaden vurdert på individuelt grunnlag etter ordinære reglar. Som følgje av innstramminga venter regjeringa at det vil kome færre ukrainarar til Noreg.
Figuren nedanfor viser dei store svingingane i innkomne og behandla saker om vern frå 2015 til 30. juni 2024. Det høge talet på vedtak frå 2022 kjem av at UDI utvikla ei automatiseringsløysing for behandling av søknader frå fordrivne frå Ukraina som vart behandla etter føresegna om mellombels kollektivt vern. Dei fleste søkarane fekk svar på søknaden sin innan tre veker frå søknadsdatoen.
I budsjettet for 2025 er det lagt til grunn at det vil komme 22 000 asylsøkarar, omlag 16 000 av desse frå Ukraina. Det er alltid stor uvisse om talet på asylsøkarar, noko situasjonen som følgje av krigen i Ukraina har vist. Det er forventa at UDI i 2025 skal behandle om lag 22 000 saker om vern.
Regjeringa vil elles at Noreg skal vere ein pådrivar for at rettane til barn på flukt blir varetekne. UDI skal sørge for at omsynet til det beste for barnet er eit grunnleggjande omsyn i saker som gjeld barn, og i nokre saker kan ein gi opphaldsløyve sjølv om vilkåra for vern ikkje er oppfylte. På oppdrag frå departementet og UDI vart det våren 2024 fullført ei ekstern gjennomgang av korleis omsynet til det beste for barnet er vurdert i vedtak i asylsaker frå UDI og UNE. I gjennomgangen er det fleire tilrådingar til forbetringar, som no vil bli vurderte.
Saker om opphald og statsborgarskap
Søknader om visum og opphald på anna grunnlag enn vern (arbeid, utdanning, familieinnvandring m.m.) blir leverte til politiet, ein utanriksstasjon eller Sysselmeistaren på Svalbard. Søkarar med innvilga sak får eit førstegongsløyve som er mellombels og må fornyast. Fleire av løyva gir grunnlag for å søke om permanent opphald og seinare statsborgarskap. Visum blir gitt for 90 dagar og kan ikkje fornyast. UDI gjer vedtak i alle typar saker, men politiet og utanriksstasjonane, og i somme tilfelle Sysselmeistaren på Svalbard, har mynde til å gjere vedtak i enkelte saker utan at dei blir sende til UDI. Talet på innkomne saker til UDI avheng av talet på nye søknader og av kapasiteten i førstelinja i politiet og utanrikstenesta. Figuren nedanfor viser utviklinga i talet på innkomne saker og behandla saker i UDI frå 2018 til 30. juni 2024.
Frå 2021 er det auken i søknader om statsborgarskap som gjer at talet på innkomne saker til UDI er såpass høgt. Auken heng saman med lovendringa som opna for dobbelt statsborgarskap frå januar 2020. Frå 2023 har talet på søknader om statsborgarskap gått betydeleg ned, då mange som lovendringa er aktuell for, allereie har søkt. Som det går fram av figuren, greidde UDI i 2023 og første halvår 2024 å behandle fleire saker enn det kom inn. Talet på ubehandla saker er likevel framleis høgt og er venta å auke mot slutten av 2024 og i 2025. Som følgje av dette er det og mykje kontakt med og rettleiing av søkarar.
I 2025 er det samla forventa om lag 310 000 søknader om visum, opphald og statsborgarskap til førstelinja i politiet og utanrikstenesta, og det blir forventa at UDI vil få om lag 88 000 saker. UDI ventar å kunne behandle i underkant av 80 000 saker i 2025.
Justis- og beredskapsdepartementet og Arbeids- og inkluderingsdepartementet arbeider med å greie ut og vurdere fleire forenklingar i regelverket, som skal leggje til rette for meir effektiv saksbehandling. Våren 2024 vart det gjennomført fleire endringar i utlendingsforskrifta som vil få full effekt frå 2025, knytte til bl.a. kravet om underhald ved familieinnvandring og permanent opphaldsløyve, for å forenkle regelverket og gjere det meir digitaliseringsvennleg.
Au pair-ordninga har hatt kulturutveksling som formål, men det kan synast som at ordninga først og fremst har blitt nytta som ei arbeidsordning. Dette samsvarer ikkje med hovudprinsippa om arbeidsinnvandring til Noreg, som i utgangspunktet ikkje opnar for ufaglært arbeidskraft frå tredjeland. Regjeringa avvikla au pair-ordninga frå mars 2024.
I juni 2024 sende departementet på høyring eit forslag som bl.a. skal hindre at det blir gitt familiegjenforeining med einslege, mindreårige barn i Noreg når dette ikkje er til det beste for barnet. Endringane som er foreslått, skal også førebyggje at familiegjenforeining fører til bortføring av barn eller bigami i Noreg.
I september blei eit forslag om å stramme inn moglegheita for familieinnvandring for einslege foreldre over 60 år sendt på høyring. Regelverket om familieinnvandring bygger på ei føresetnad om at familien skal kunne forsørgje seg sjølv, men det har vist seg at fleire i denne gruppa må takast hand om av det offentlege helsevesenet kort tid etter at dei kjem til landet.
Saker om tilbakekall og utvising
Politiet og UDI opprettar saker om utvising og tilbakekall av løyve. Det blir oppretta sak om utvising dersom ein utlending bryt norsk lov, og sak om tilbakekall når det er mistanke om at løyvet er gitt basert på urette opplysningar, at søkaren har halde tilbake vesentleg informasjon, eller at grunnlaget for løyvet har falle bort. Figuren nedanfor viser utviklinga i talet på saker om tilbakekall og utvising og talet på behandla saker. Regjeringa er oppteken av at utlendingar som risikerer utvising eller tilbakekall av løyve, skal få behandla sakene raskare, og dei siste åra har UDI behandla fleire saker (saker som er lagde vekk, er rekna med) enn det har komme inn, slik at talet på ubehandla saker har gått ned.
UDI behandla i 2023 i underkant av 5 400 saker om utvising og klagar på utvisingsvedtak, som er om lag 1 200 fleire enn i 2022. I 2023 vart nesten 2 900 personar utviste frå Noreg. Om lag 80 pst. av utvisingane kjem av brot på utlendingslova. I ein mindre del av desse sakene får det følgjer for barn. Dei fleste sakene der det blir spørsmål om utvising av foreldre med barn i Noreg, endar med at det ikkje blir fatta vedtak om utvising.
I saker der forvaltninga vurderer utvising av ein forelder som har barn i Noreg, har departementet dei seinaste åra arbeidd med fleire tiltak for å styrke rettstryggleiken til barna. Blant dei seinaste tiltaka er ei forskriftsendring frå 22. mai 2024 som gir lågare terskel, for å behandle saker i nemndmøte i UNE. Som ledd i oppfølginga av Stortingets oppmodingsvedtak 4. desember 2023 nr. 71 sende departementet 28. mai 2024 ut eit forslag på høyring om at det i enkelte av dei aktuelle sakene skal gjerast meir bruk av ein alternativ reaksjon til utvising. Departementet har også gitt instruksar til UDI og UNE om den førebelse behandlinga av sakene fram til nye reglar skal vere på plass.
Departementet har også lagt fram forslag om utvida rett til fritt rettsråd utan behovsprøving i saker om utvising på grunn av gitt straff, når utlendingen har barn i Noreg, sjå Prop. 112 L (2023–2024) Endringer i utlendingsloven mv. (utvidet hjemmel for forskrifter om fritt rettsråd) og høyring 25. juni i år med forslag til nye reglar i utlendingsforskrifta. Desse forslaga er ledd i oppfølginga av Stortingets oppmodingsvedtak 4. desember 2023 nr. 70.
Betre ID-arbeid har ført til at utlendingsmyndigheitene har avdekt at fleire personar har opphaldsløyve basert på feil identitet eller på andre urette opplysningar, noko som gir grunnlag for å kalle tilbake opphaldsløyvet. Ein kan òg kalle tilbake flyktningstatus og opphaldsløyve når det ikkje lenger er behov for vern. Opphaldsløyve kan likeins kallast tilbake når opphaldsgrunnlaget elles ikkje lenger er til stades.
I 2023 vart det oppretta om lag 1 500 tilbakekallssaker, og UDI behandla om lag 2 650 slike saker. I tillegg kjem innkomne og behandla klagesaker. I 2023 fekk til saman rundt 800 personar løyve trekte tilbake i vedtak fatta av UDI. Nesten halvparten av løyva som vart kalla tilbake i 2023 var knytte til feil eller urette opplysningar, og nokre få var knytte til betra forhold i heimlandet. Dei resterande var i hovudsak knytte til at vilkåra for løyvet ikkje lenger var oppfylte. Fleire av dei som får eit løyve kalla tilbake, får eit nytt løyve på anna grunnlag. Departementet føreset at UDI avgjer eller legg vekk ei oppretta tilbakekallssak der forvaltningslova sine krav til saksbehandlingstid utan ugrunna opphald elles vil bli brotne. UDI er venta å prioritere aktivt i porteføljen for tilbakekallssaker for å få betre kontroll over sakene og for å sørge for at ressursane blir retta mot dei alvorlegaste sakene, der det er viktigast å reagere med tilbakekall.
UDI behandla i 2023 totalt 620 saker om tilbakekall og klagar på tilbakekallsvedtak etter statsborgarlova. Det var 320 fleire vedtak enn i 2022. Restansane har i 2023 blitt bygde ned. Per 30. juni 2024 var det 750 saker og klagar i restanse.
Asylmottak
Alle utlendingar som søker om vern, har rett til innkvartering i asylmottak. Det blir gitt tilbod om plass i mottak fram til retur eller busetjing. Mottakstilbodet er differensiert etter behova til utlendingsforvaltninga og mottaksbebuarane, bl.a. med Nasjonalt ankomstsenter, transittmottak, ordinære mottak, mottak for einslege mindreårige over 15 år og mottak for bebuarar med særskilde behov. Aktivitetar i mottaka vil vere retta både mot retur og mot integrering.
UDI har omsorgsansvaret for einslege mindreårige som bur i asylmottak. For å sikre at rettane til barna blir varetekne, vart det i 2022 innført ei uavhengig tilsynsordning, der statsforvaltaren skal føre tilsyn med omsorga for einslege mindreårige som bur i asylmottak. Omsorgsansvaret for einslege mindreårige under 15 år ligg under Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) (sjå omtale i Prop. 1 S (2024–2025) for Barne- og familiedepartementet).
Utgifter til asylmottak er førte over kap. 490, post 01 og 21. Det er ført utgifter til tilskot til vertskommunar for asylmottak over kap. 490, post 60, og utgifter til stønader til bebuarar i mottak over kap. 490, post 70. I tillegg blir det gitt tilskot for aktivitetar for barn i mottak over kap. 490, post 71.
Talet på bebuarar i asylmottak er i hovudsak avhengig av talet på asylsøkarar, men òg av saksbehandlingstid, kapasitet til å busetje og moglegheit for returar. Talet på bebuarar i mottak auka vesentleg som følgje av krigen i Ukraina, og per 30. juni 2024 var det om lag 9 400 bebuarar i asylmottak. Fordrivne frå Ukraina, som raskt får behandla saka si som følgje av føresegna om mellombels kollektivt vern og raskt blir busette, har kort butid i asylmottak. Regjeringa har avvikla den mellombelse ordninga om støtte til privat innkvartering i kommunane for ukrainarar i tillegg til ordninga med kjæledyr i mottak.
UDI har i åra etter 2015 og fram til tilstrøyminga av fordrivne frå Ukraina starta i 2022, tilpassa kapasiteten i mottaka til færre bebuarar, sjå utviklinga i figuren nedanfor. Ved utgangen av 2021 var til saman 31 ulike avdelingar i asylmottak i drift. Som følgje av dei fordrivne frå Ukraina vart det i 2022 raskt oppretta fleire nye asylmottak, og ved utgangen av juni 2024 var 108 avdelingar (ekskl. Nasjonalt ankomstsenter) i asylmottak i drift, med ein samla kapasitet på 16 845 plassar. UDI må løpande arbeide for å tilpasse mottakskapasiteten. Både oppretting og avvikling av mottak, oppfølging av kontraktar og oppfølging av bebuarane i asylprosessen krev vesentlege ressursar av drifta til UDI.
Det er alltid uvisse om asyltilstrøyminga til Noreg, og det gjer det utfordrande å planleggje mottakskapasiteten. Det er no særleg stor uvisse knytt til kor mange fordrivne som vil komme frå Ukraina. Ei rekkje land i EU har stor tilstrøyming av asylsøkarar frå andre land enn Ukraina òg. Endringar i kor mange mottak UDI treng, kan skje raskt. Om ein tilpassar kapasiteten til behovet for plassar, reduserer det offentlege utgifter. Samstundes gir få ledige mottaksplassar redusert kapasitet til å handtere rask og uventa auke i talet på asylsøkarar.
Overføringsflyktningar og anna myndigheitsstyrt overføring av personar på flukt
Noreg tek imot overføringsflyktningar innanfor ein årleg kvote. Overføringsflyktningar er personar som FNs høgkommissær for flyktningar (UNHCR) har slått fast at treng vern. Plassane på kvoten kan òg nyttast til andre typar myndigheitsstyrt overføring av personar på flukt. Formålet er både å gi vern til flyktningar og å avlaste vertsland.
Justis- og beredskapsdepartementet fastset i samråd med Utanriksdepartementet og Arbeids- og inkluderingsdepartementet kven som skal prioriterast på kvoten, basert på tilrådingar frå UDI, IMDi, UNHCR og innspel frå norske frivillige organisasjonar. UDI har ansvar for å gjennomføre uttak av overføringsflyktningar i samarbeid med politiet og IMDi. Når overføringsflyktningane kjem til Noreg, skal dei som hovudregel bli busette direkte i ein kommune, sjå omtale i Prop. 1 S (2024–2025) for Arbeids- og inkluderingsdepartementet.
Utgifter som gjeld uttak av overføringsflyktningar og ev. anna myndigheitsstyrt overføring av flyktningar/asylsøkarar, blir førte over kap. 490, post 01, 73 og 75. Nokre gonger er det behov for at flyktningar, ev. relokaliserte asylsøkarar, som blir overførte til Noreg, bur i mottak, og då kjem det i tillegg utgifter over kap. 490, post 21, 60 og 70. Det blir òg ført utgifter til arbeidet politiet og IMDi gjer med uttak, under kap. 440, post 01 og kap. 670, post 01, og dessutan utgifter til busetjing og integrering over kap. 671, post 60 og 61 og kap. 672, post 60. Sjå omtale i Prop. 1 S (2024–2025) for Arbeids- og inkluderingsdepartementet.
I 2023 var kvoten fastsett til 2 000 plassar. Samla kom om lag 2 200 overføringsflyktningar, halvparten syriske flyktningar. Regjeringa nyttar kvoten med ein viss fleksibilitet. Det kan vere tilfelle då plassar må overførast frå eitt år til eit anna, og det er ikkje alle som blir tekne ut på kvoten som kjem til Noreg same året.
Kvoten for 2024 er fastsett til 1 000 plassar, i tillegg til at det er 247 plassar att frå 2023-kvoten som kan nyttast i 2024. Av desse plassane er 100 plassar satt av til evakuering av pasientar og deira pårørande frå Gaza, gjennom EU si ordning for sivil beredskap. Evakueringa frå Gaza har vist seg praktisk krevjande slik at det per september 2024 framleis ikkje har kome nokon til Noreg, men infrastrukturen på sjukehus og elles i det norske mottaksapparatet er på plass. Regjeringa foreslår å redusere kvoten ytterlegare i 2025, til 200 plassar.
I 2022 fastsette regjeringa òg eigne kvotar for medisinsk evakuering av ukrainarar frå Polen (550 pasientar og pårørande i tillegg) gjennom EU-ordninga for sivil beredskap og for fordrivne frå Ukraina som oppheld seg i Moldova (500). Arbeidet skjer i samarbeid med EU og andre land og vil halde fram i 2025. Det er per 1. september 2024 overført 400 fordrivne frå Moldova totalt sidan 2022, og 400 pasientar er evakuerte gjennom Medevac (over 600 personar medrekna pårørande). Personane blir innkvarterte i asylmottak og får behandla sak om mellombels kollektivt vern.
Retur av personar utan lovleg opphald i Noreg
Dei som får endeleg avslag på ein søknad om vern eller anna opphald, har ei plikt til å forlate landet innan ein bestemt utreisefrist. Dei skal rette seg etter dette ved å returnere til heimlandet innan fristen, anten på eiga hand (sjølvorganisert retur) eller ved å søke om assistert retur med hjelp frå norske myndigheiter. Dersom dette ikkje blir gjort, blir dei transporterte ut av politiet, sjå nærmare omtale under programkategori 06.40.
Departementet har ein returstrategi for perioden 2023–2029. Regjeringa legg opp til at returar skal gjennomførast effektivt og med god rettstryggleik, og at returarbeidet nasjonalt skal vere samordna med alle relevante aktørar. Noregs returarbeid byggjer òg på samarbeid med sentrale opphavsland og på europeisk samarbeid. Regjeringa vil prioritere bilateralt samarbeid med enkeltland, men samstundes vere tett knytt til det europeiske retursamarbeidet, bl.a. fordi dei nye rettsaktene på asyl- og migrasjonsfeltet føreset eit effektivt retursamarbeid.
Regjeringa meiner det er viktig å leggje til rette for at retur kan bli utfallet gjennom heile asylprosessen, bl.a. ved å avklare identiteten til asylsøkarar tidleg. Vidare legg regjeringa vekt på at returar skal vere berekraftige både for personane som blir returnerte, og for heimlandet.
Dei som fyller vilkåra for assistert retur, får hjelp med å skaffe reisedokument, flybillettar m.m., og dei får tilskot til reise og reintegrering. Utgifter til tilskot til retur er førte over kap. 490, post 72, der også nokre utgifter til administrasjon av assistert retur er inkluderte. Andre utgifter til administrasjon av retur er førte over kap. 490, post 01.
Målgruppa for retur har blitt gradvis mindre sidan 2016, hovudsakleg fordi nye asylsøkarar som kjem til Noreg, i stor grad får innvilga opphald. Det er òg grunn til å tru at ein konsekvent returpolitikk har gitt resultat, og at færre oppheld seg utan lovleg opphald i Noreg. Det er likevel framleis ei stor gruppe utreisepliktige i asylmottak som er utfordrande for UDI å motivere til å velje assistert retur, fordi dei anten har opphalde seg i landet over lang tid, har familie med opphald i Noreg, eller har særskilde behov som gjer returarbeidet vanskelegare. Utfordringane knytte til denne gruppa er samansette, men UDI greier bl.a. ut korleis dei kan finne løysingar for å skaffe reisedokument, og korleis dei kan ta i bruk tenester som blir tilbodne gjennom EU sitt grensekontrollbyrå, Frontex.
I løpet av 2023 valde 156 personar assistert retur, mot 90 i 2022. Per utgangen av juni har 77 personar reist heim assistert i 2024.
Sidan 2022 har det komme vesentleg fleire asylsøkarar til Noreg, dei fleste av desse er fordrivne frå Ukraina. Få ukrainarar får avslag på opphald i Noreg, og situasjonen i Ukraina framover vil påverke om retur dit kan skje.
Det er ikkje berre talet på returar som er viktig, men òg kven som reiser. Nokre utreisepliktige personar utløyser store kostnader for samfunnet. Det gjeld t.d. personar som bur i særskilde butilbod, i tilrettelagde avdelingar i mottak og i fengsel. UDI, Politiets utlendingseining (PU) og spesialutsendingar ved norske utanriksstasjonar samarbeider tett for å få til returar av denne gruppa. Fem personar returnerte assistert frå slike spesielle butilbod i 2023, medan ingen frå denne gruppa returnerte første halvår 2024. Arbeidet med desse særleg krevjande returane held fram.
Tilbakevending
Tilbakevending til heimlandet er ei av dei tre tilrådde varige løysingane for personar på flukt, og Noreg vektlegg at dette alltid skal vere ei moglegheit for personar med fluktbakgrunn som har lovleg opphald i Noreg. Dette er eit val den enkelte tek sjølv, og som ikkje direkte påverkar opphaldsløyvet i Noreg. Nokre nordiske land har tilsvarande ordningar. Danmark har den mest omfattande ordninga, ho inkluderer både utlendingar med løyve på andre grunnlag enn flukt og danske statsborgarar med dobbelt statsborgarskap.
Utlendingsdirektoratet gir tilskot til personar som vender heim, over kap. 490, post 72. Eventuell tildeling av tilbakevendingsstøtte medfører inga endring i opphaldsløyvet i Noreg, som gjeld ut gyldigheitstida. Det blir stilt krav om å registrere seg som utvandra i Folkeregisteret. Tildelt støtte skal i utgangspunktet betalast tilbake dersom mottakaren gjeninnvandrar til Noreg innan to år.
Tilbakevendingsordninga var lite brukt før det vart praktisk mogleg for ukrainarar å søke på ordninga frå september 2022. Sidan dette har vel 2 500 ukrainarar søkt om tilbakevendingsstøtte, medan nærmare 1 100 har reist. Dette viser at tilbakevendingsordninga er aktuell for personar som har mellombels kollektivt vern, og ordninga er i tråd med politikken regjeringa fører overfor ukrainarar. Det er sannsynleg at det i 2025 vil vere langt fleire potensielle søkarar frå Ukraina.
Forvaltning og vidareutvikling av IT-systema for utlendingsforvaltninga
UDI drifter og forvaltar databasar og saksbehandlingssystema for heile utlendingsforvaltninga. Systema har førstehandsbrukarar i Utanrikstenesta, politiet og UNE forutan om UDI, i tillegg til at etatar som NAV og Skatteetaten m. fl. regelmessig nyttar opplysningar frå systema. IT-infrastrukturen er utdatert og til hinder for effektiv saksavvikling og er derfor moden for utskifting. Systema inneheld data om fleire millionar søkarar, der god datakontroll er avgjerande både for den enkelte sitt rettsvern, men òg for samfunnssikkerheiten og målet om kontrollert innvandring. UDI har dei siste åra jobba med forprosjektarbeid for eit omfattande investeringsprogram for å modernisere alle systema. Sjølve arbeidet med å erstatte systema startar i 2025, jf. regjeringa sine hovudprioriteringar for 2025. Programmet har gjennomgått ekstern kvalitetssikring, KS2, våren 2024 i samsvar med Statens prosjektmodell, og det blir foreslått ei kostnadsramme P85 på 2 065 mill. 2023-kroner, for prosjektperioden 2025-2031, jf. forslag til fullmakt XI. I eit så stort og langvarig program, vil det være monaleg risiko, mellom anna knytt til at vanleg drift og ny utvikling skal går føre seg samstundes. Departementet legg derfor opp til grundige gjennomgangar undervegs for å sikre at ein heile tida har naudsynt styring og kontroll.
Gjennomføring av EU-forordningar for betre migrasjonskontroll
UDI har dei siste åra hatt betydeleg arbeid med å implementere felleseuropeiske system for betre grense- og migrasjonskontroll, dei såkalla Schengen IT-systema. Det er forseinka framdrift i arbeidet i EU, noko som gjer at investeringane i UDI vil halde fram dei neste åra. Gjennomføringa av rettsakta i EUs pakt for migrasjon og asyl («pakta»), som Noreg delvis er tilknytt gjennom Schengen- og Dublin-samarbeidet, skal betre kontrollen med asylsøkarar og andre migrantar i Europa, harmonisere systemet for handtering av søkarane og hindre sekundærbevegelsar. Innføringa av desse rettsakta vil innebere behov for tilpassing av arbeidsprosessar, IT-system og lokaler for utlendingsforvaltninga frem mot iverksetting i juni 2026.
Budsjett for 2025
Det blir foreslått å setje utgiftsramma for UDI til 5,6 mrd. kroner. Dette er ein auke på 12 pst. frå saldert budsjett 2024, som i hovudsak er knytt til auka behov for innkvartering av fordrivne frå Ukraina. Løyvinga skal nyttast i samsvar med dei måla og prioriteringane som er omtalte ovanfor. Løyvinga blir fordelt på følgjande postar:
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga på posten skal dekke utgifter til drift av UDI. Det inkluderer lønn til tilsette, IT-system, utstyr, anskaffingar, med unntak av større investeringar og asylmottak, jf. kap. 490, post 21 og 45, og dessutan kontorlokale m.m. I det første halvåret 2024 svarte utførte månadsverk til 996 årsverk, mot 1 033 utførte årsverk i 2023.
Det blir i sum foreslått å auke løyvinga med 120,5 mill. kroner samanlikna med saldert budsjett 2024. Dei ulike endringane er som følgjer:
Regjeringa foreslår å vidareføre ei mellombels løyving til å handtere høge innkomstar frå Ukraina, på 155 mill. kroner i 2025. Midlane skal dekke saksbehandling og vidareføring av tilsetjingar innan asylmottaksoppfølging, i tillegg til å styrke enkelte støttetenester og IT-drift.
Regjeringa foreslår å redusere den ordinære kvoten for overføringsflyktningar og annan myndigheitsassistert overføring av personar på flukt, frå 1 000 plassar i 2024 til 200 plassar i 2025. Løyvinga på posten blir foreslått redusert med 12,2 mill. kroner som følgje av dette.
Regjeringa foreslår å løyve 8 mill. kroner til driftskostnader i samband med oppstart av programmet «Modernisering av IT-systema i utlendingsforvaltninga», for på sikt å kunne erstatte alle grunnsystema med moderne system. Sjå og omtale under post 45.
Regjeringa foreslår å auke løyvinga på posten med 34,6 mill. kroner, mot ein tilsvarande reduksjon på kap. 490, post 45. Flyttinga skal gi eit tydelegare skilje mellom drift og større investeringar knytte til IT.
Det blir foreslått å auke løyvinga på posten med 53,9 mill. kroner, mot ein tilsvarande reduksjon under kap. 490, post 46. Dette er i tråd med dei opphavlege prosjektplanane for Schengen IT-prosjekta knytt til SIS, VIS, Eurodac og Interoperabilitet. Det blir òg foreslått å auke løyvinga på posten med 3,2 mill. kroner mot ein tilsvarande reduksjon under kap. 490, post 46, då dette er eigenfinansiering til dei nemnde Schengen IT-prosjekta, som er føresett å skulle nyttast til andre formål frå 2025. Sjå omtale under kap. 490, post 46.
Det blir foreslått å auke løyvinga på posten med 11 mill. kroner knytt til at UDI får nye driftsoppgåver i tilknyting til Schengen IT-systema Entry Exit System og ETIAS. Systema ska bli setje i verk høvesvis ultimo 2024 og i 2025.
I samband med den nye finansieringsmodellen for kompetanseteamet mot negativ sosial kontroll og ærerelatert vald foreslår departementet å auke løyvinga på posten med 1 mill. kroner, mot ein tilsvarande reduksjon på kap. 858, post 01. Sjå Prop. 1 S (2024–2025) for Arbeids- og inkluderingsdepartementet for nærmare omtale.
Det er òg endringar som følgje av tidlegare budsjettvedtak og tekniske endringar på posten som ikkje blir omtalte nærmare.
Delar av utgiftene på kap. 490, post 01 blir rapporterte som bistandsutgifter, i tråd med retningslinjene til OECD om Official Development Aid (ODA), og blir førte som inntekter på kap. 3490, post 01, post 03 og post 06, jf. nærmare omtale under postane.
Det blir foreslått at Justis- og beredskapsdepartementet får fullmakt til å overskride løyvinga på kap. 490, post 01, mot tilsvarande meirinntekter på kap. 3490, post 05, jf. forslag til vedtak.
Regjeringa foreslår ei løyving på posten på 1 418,5 mill. kroner.
Post 21 Spesielle driftsutgifter, asylmottak
Løyvinga på posten skal dekke utgifter staten har til drift av mottak for asylsøkarar, inkludert Nasjonalt ankomstsenter på Råde.
Forutan losji skal tilbodet om innkvartering omfatte opplærings- og informasjonstiltak og nødvendige sosial -og omsorgstenester, bl.a. mat, klede og omsorgstenester for bebuarar med særskilde behov. Vidare dekker posten utgifter til bl.a. tiltak som vakthald, tilrettelegging av buforhold og plassering utanfor mottak for personar med særskilde behov, aldersundersøkingar av asylsøkarar som oppgir å vere einslege mindreårige, reise og kost for asylsøkarar i samband med asylintervju og transport for asylsøkarar til og frå norskopplæring og mellom mottak. Ekstra utgifter til lovpålagde kommunale tenester for vertskommunar for eit ankomstsenter kan òg dekkast over posten.
Behovet for løyving på posten avheng av talet på mottaksplassar, kor mange bebuarar det er i mottaka, butid i mottak og samansetjinga av bebuarane og behova deira. Det er venta at det i gjennomsnitt vil cirka 11 000 bebuarar i mottaka i løpet av 2025, som er kring 1 000 fleire enn det som er lagt til grunn for saldert budsjett 2024. Det blir derfor foreslått å auke løyvinga med 548 mill. kroner.
Det er svært usikkert kor mange asylsøkarar som faktisk vil komme i løpet av året, og det er spesielt stor uvisse om behovet for innkvartering av fordrivne frå Ukraina. Den faktiske kapasiteten gjennom året kan derfor avvike frå det som blir lagt til grunn ved inngangen til året. Ved endringar i bebuarsamansetjinga kan det òg bli behov for å utløyse fleire plassar. Sjå òg forslag til romartalsvedtak om fullmakt om mellombels drift av asylmottak.
Delar av utgiftene på kap. 490, post 21 kan utgiftsførast som ODA-godkjende utgifter og inntektsførast på kap. 3490, post 04, jf. nærmare omtale under kap. 3490, post 04.
Regjeringa foreslår ei løyving på posten på 2 822,1 mill. kroner.
Post 22 Spesielle driftsutgifter, tolk og oversettelse
Posten skal dekke tolking og omsetjing i kommunikasjonen mellom søkarar og UDI under behandlinga av asylsaker. Løyvinga skal òg dekke kvalitetssikringsarbeid i samband med intervju og omsetjingar, utgifter til nødvendig omsetjing av originaldokument og tolkeutgifter i samband med vedtakssamtale etter avslag på søknad. Løyvinga kan òg dekke tolking og omsetjing for overføringsflyktningar som blir valde ut frå transittområde der det er vanskeleg å finne tilstrekkeleg med tolkar. Regjeringa foreslår å vidareføre løyvinga på same nivå som til saldert budsjett 2024, sidan talet på saker om vern som blir individuelt behandla, er venta å vere på same nivå.
Delar av utgiftene på kap. 490, post 22 kan utgiftsførast som ODA-godkjende utgifter og inntektsførast på kap. 3490, post 07, jf. nærmare omtale under kap. 3490, post 07.
Regjeringa foreslår ei løyving på posten på 32,7 mill. kroner.
Post 23 Spesielle driftsutgifter, kunnskapsutvikling, kan overføres
Løyvinga skal brukast til å støtte oppgåveløysinga i UDI ved å utvikle kunnskap om innvandring.
Dei følgjande studiane, som alle er tilgjengelege på nettsida til UDI, er publiserte i 2023 og første halvår 2024 ved hjelp av midlar frå post 23:
Evaluering av Nasjonalt ankomstsenter
Rapport om «barnets beste»- vurderinger i asylsaker
Temporary collective protection for displaced persons from Ukraine in Norway. Different policies, different outcomes.
The reception of Ukrainian refugees in Sweden and Norway
Regelverket for økonomiske stønader til beboere i asylmottak
I tillegg vil dei følgjande prosjekta bli ferdigstilte i andre halvår 2024:
Evaluering av midlertidig alternativ mottaksplass (MAMOT)
Kompetansespor – bruk av digitale lommebøker i innvandringsprosesser
Sekundærmigrasjon og fremtidsmuligheter blant ukrainske flyktninger i Europa.
I 2025 skal løyvinga bl.a. nyttast til prosjekt som omhandlar korleis UDIs brukarar forstår skriftleg informasjon frå UDI, og ein gjennomgang av levekår for einslege mindreårige asylsøkarar i asylmottak.
Løyvinga dekker òg utgifter til arbeid i UDI med å utvikle kunnskap i samarbeid med European Migration Network (EMN) og bistand i form av opplæring av migrasjonsmyndigheiter i aktuelle samarbeidsland.
Regjeringa foreslår ei løyving på posten på 7,3 mill. kroner.
Post 45 Større utstyrsanskaffelser og vedlikehold, kan overføres
Løyvinga på posten skal dekke utgifter til prosjektet for å erstatte og modernisere IT-systema i utlendingsforvaltninga.
Regjeringa foreslår å auke løyvinga på posten med 76,5 mill. kroner til investeringar i programmet «Modernisering av IT-systema i utlendingsforvaltninga», for på sikt å kunne erstatte alle grunnsystema med moderne system. Sjå og omtale under post 01.
Delar av posten har tidlegare blitt nytta til å dekke også anna mindre utviklingsarbeid innanfor IT. Frå 2025 blir posten berre nytta til det store utviklingsprogrammet «Modernisering av IT-systema i utlendingsforvaltninga». Budsjettposten for programmet kan dermed bli direkte knytt til styrings- og kostnadsramma. Regjeringa foreslår å redusere posten med 31,5 mill. kroner, mot ein tilsvarande auke på post 01.
Regjeringa foreslår ei samla løyving på posten på 92,5 mill. kroner.
Post 46 Investeringer i Schengen IT-systemer, kan overføres
Posten omfattar prosjektutgiftene UDI har til utvikling og implementering av nye felles-europeiske IT-system for styrkt grense- og migrasjonskontroll, betre informasjonsdeling og tryggleik.
Det blir foreslått å redusere posten med 6,8 mill. kroner i 2025, i tråd med dei opphavlege framdriftsplanane for utviklinga av SIS, VIS, Interoperabilitet og Eurodac, som har felles styringsramme, satt i 2023.
Det blir vidare foreslått å redusere løyvinga på posten med 53,9 mill. kroner, mot ein tilsvarande auke under kap. 490, post 01. Dette er òg i tråd med dei opphavlege prosjektplanane for dei fire prosjekta. Det blir foreslått å redusere løyvinga på posten med 3,2 mill. kroner, mot ein tilsvarande auke under kap. 490, post 01, då dette er eigenfinansiering til dei nemnde prosjekta, som er føresett å skulle nyttast til andre formål frå 2025. Sjå omtale under kap. 490, post 01.
Regjeringa foreslår ei samla løyving på posten på 3,6 mill. kroner i 2025, som er det som står att av UDI sin del av styringsramma frå 2023. Sjå òg omtale under kap. 440.
Post 60 Tilskudd til vertskommuner for asylmottak
Vertskommunetilskotet skal dekke gjennomsnittlege utgifter til helse, barnevern, tolk og administrasjon i samband med drift av mottak og omsorgssenter i kommunen. I tillegg til det ordinære vertskommunetilskotet omfattar ordninga eit særtilskot ved omsorgsplassering og tilskot til kommunar som tek imot og følgjer opp personar med alternativ mottaksplassering (AMOT). UDI forvaltar tilskotsordninga og betaler ut tilskot kvartalsvis når det er inngått kontrakt med ein driftsoperatør i den respektive kommunen. Kommunane treng ikkje å søke om tilskot.
For 2025 vil desse satsane gjelde:
grunnsats per kommune: 820 643 kroner per år
sats per ordinære mottaksplass og plass ved Nasjonalt ankomstsenter: 12 595 kroner per år
sats per plass for einslege mindreårige asylsøkarar: 19 397 kroner per år
sats per tilrettelagd plass: 178 324 kroner per år
sats per plass i omsorgssenter: 47 841 kroner per år
Vertskommunar for omsorgssenter tek ikkje imot grunntilskot. Ei ordning for alternativ mottaksplassering (AMOT) inneber at UDI gir tilskot til ein kommune mot at kommunen gir ein person utan opphaldsløyve eller ein flyktning eit tilbod om bustad i kommunen i staden for opphald i asylmottak. I tilskotsbrevet blir det stilt krav til korleis kommunen skal bruke tilskotsmidlane. Kommunen skal vurdere individuelt kva for oppfølging personen i AMOT har bruk for. I 2025 vil satsen for AMOT vere 18 377 kroner per plass per månad.
Kommunen kan i visse tilfelle få eit større ansvar for ein mindreårig asylsøkar, jf. barnevernlova. Det er fastsett eigne satsar for å bidra til å dekke desse utgiftene til barnevern. For 2025 vil desse satsane gjelde:
særtilskot for barn som har komme til Noreg i følgje med føresette: 34 974 kroner per månad
særtilskot for einslege mindreårige: 17 486 kroner per månad
Regjeringa foreslår å vidareføre tilbod om gratis barnehageplass for alle barn i asylmottak frå dei er eitt år og fram til skulestart, i tillegg til tilbod om gratis skulefritidsordning (SFO) for barn i integreringsmottak. Alle kommunar som tilbyr plass, får tilskot til å dekke utgiftene til barnehageplass for barn i mottak og SFO for barn i integreringsmottak.
Satsane for barnehageplass i 2025 er som følgjer:
1–2-åringar, heildagsplass: 370 593 kroner per år
3–5-åringar, heildagsplass: 205 885 kroner per år
SFO: 34 958 kroner per år
Behovet for løyving på posten er avhengig av talet på mottak og omsorgssenter, talet på vertskommunar og talet på plassar. Behovet vil derfor kunne endre seg i løpet av budsjettåret.
I 2023 var det totalt 223 kommunar som fekk vertskommunetilskot for delar av eller heile året. Per 31. juli 2024 har 200 kommunar fått vertskommunetilskot for delar av eller heile året. Det er lagt til grunn at 68 kommunar vil få tilskot med heilårseffekt for 2025.
Det føregår i 2024 ei kartlegging av kommunane sine utgifter til lovpålagde tenester.
Løyvingsforslaget er redusert med 104,7 mill. kroner samanlikna med saldert budsjett 2024. Det kjem av at det blir planlagt for færre vertskommunar enn det som vart lagt til grunn for 2025, samt at ordninga med midlertidig alternativ mottaksplassering er avvikla.
Delar av utgiftene på kap. 490, post 60 kan utgiftsførast som ODA-godkjende utgifter og inntektsførast på kap. 3490, post 04, jf. nærmare omtale under kap. 3490, post 04.
Regjeringa foreslår ei løyving på posten på 410,8 mill. kroner.
Post 70 Stønader til beboere i asylmottak
Løyvinga på posten skal dekke utgifter til faste økonomiske ytingar til livsopphald for bebuarar i asylmottak som ikkje kan dekke dette sjølv, og ev. tilleggsytingar. Driftsoperatøren for asylmottaket betaler ut ytingar til bebuarane og får dei refunderte av UDI. Dei nærmare krava til stønadsordninga er gitt i forskrift om stønad til beboere i asylmottak. Stønadsordninga blir følgd opp ved UDI sine kontrollar av asylmottak eller ved søknad til UDI i dei tilfella der ytingar ikkje dekker nødvendig livsopphald for bebuarar i mottak.
Behovet for løyving på posten er avhengig av talet på bebuarar i mottak og samansetjinga av bebuargruppa. Løyvingsforslaget for 2025 er basert på ein prognose på om lag 11 000 bebuarar i mottak, om lag 1 000 fleire enn det som var lagt til grunn for saldert budsjett 2024. Det blir derfor foreslått å auke løyvinga med 52,4 mill. kroner samanlikna med saldert budsjett 2024.
Regjeringa foreslår å nominelt vidareføre nivået på stønadene til bebuarar i mottak i 2025.
Delar av utgiftene på kap. 490, post 70 kan utgiftsførast som ODA-godkjende utgifter og inntektsførast på kap. 3490, post 04, jf. nærmare omtale under kap. 3490, post 04.
Regjeringa foreslår ei løyving på posten på 616,3 mill. kroner.
Post 71 Tilskudd til aktivitetstilbud for barn i asylmottak og veiledning for au pairer
Løyvinga på posten skal dekke utgifter til ei tilskotsordning til aktivitetstilbod for barn i mottak og utgifter til tilskot til informasjons- og rettleiingstiltak for au pairar.
Formålet med tilskot til aktivitetstilbod er å bidra til at barna får ein meiningsfull kvardag, gjennom eit aktivitetstilbod tilpassa alderen til barna og dei utviklingsmessige behova og interessene deira. UDI lyser ut og forvaltar tilskotsordninga. Tilskot kan bli gitt til enkeltpersonar, frivillige organisasjonar og andre ikkje-fortenestebaserte verksemder som organiserer aktivitetar for barn. Dei nærmare krava til tilskotsordninga er gitt i forskrift om tilskudd til aktivitetstilbud for barn i asylmottak. Sjå nettsidene til UDI for utdjupande opplysningar om tilskotsmottakarane. UDI evaluerer jamleg kriteria som er fastsette i forskrifta om tilskotsordninga. UDI reviderte ordninga i 2021/2022. Regjeringa foreslår å vidareføre løyvinga til tilskotsordninga på 6,4 mill. kroner.
Au pair-ordninga vart avvikla 15. mars 2024, og regjeringa foreslår derfor å redusere posten med 3,5 mill. kroner for å avvikle rettleiingstenesta for au pairar frå 2025.
Det vart utbetalt 9,4 mill. kroner i tilskot til aktivitetar for barn i asylmottak i 2023. Heile løyvinga på 3,5 mill. kroner til rettleiing for au pairar vart brukt i 2023.
Delar av utgiftene til tilskot til aktivitetstilbod på kap. 490, post 71 kan utgiftsførast som ODA-godkjende utgifter og inntektsførast på kap. 3490, post 04, jf. nærmare omtale under kap. 3490, post 04.
Regjeringa foreslår ei løyving på posten på 6,4 mill. kroner.
Post 72 Assistert retur og reintegrering i hjemlandet, kan overføres
Formålet med posten er å bidra til at personar med endeleg avslag på søknad om vern og andre personar utan lovleg opphald i Noreg returnerer til heimlandet, og til at flyktningar kan vende tilbake til heimlandet når det er trygt
Desse tilskotsordningane til enkeltpersonar blir finansierte over denne posten:
reisetilskot ved assistert retur
reintegreringstilskot ved assistert retur
reintegreringstilskot til særleg sårbare grupper og einslege mindreårige
reintegreringstilskot til utlendingar som er særleg kostnadskrevjande for samfunnet
reintegreringstilskot for personar som blir tvangsreturnerte til land UDI har eit eige returprogram for
tilbakevendingstilskot for personar med opphaldsløyve
Forskrift om tilskot til assistert retur og tvangsretur har reglar om reisetilskot og reintegreringstilskot for personar som vel assistert retur, og reintegreringstilskot ved tvangsretur av utlendingar som anten er særleg kostnadskrevjande for samfunnet, eller som blir returnerte til land UDI har eit særskilt returprogram for. I 2023 vart det gjennomført 156 assisterte returar i tråd med denne forskrifta. Det var 474 personar som fekk tilbakevendingstilskot i 2023, alle desse var frå Ukraina.
Tabellen nedanfor viser talet på returar innanfor kvar ordning og summen som vart brukt til desse ordningane i 2023. Éin retur kan ha fått tilskot frå fleire ordningar.
Tabell 2.11 Returar og rekneskapstal per ordning, 2023
Rekneskap 2023 (i 1 000 kroner) | Talet på returar og tilbakevendingar | |
---|---|---|
Voluntary Assisted Return Programme («VARP») – Frivillig returprogram | 6 365 | 94 |
Returførebuande utgifter for personar i mottak | 35 | |
Assistert retur med politiet, reintegreringstilskot | 936 | 58 |
Landprogram, assistert retur Somalia | 2 328 | 15 |
Tilskot til returnerte via Frontex | 0 | 14 |
Andre verkemiddel for returar | 237 | 5 |
Tilbakevending, reintegreringstilskot | 8 525 | 474 |
Totalt | 18 189 |
Løyvinga skal òg dekke utgifter til ei tilskotsordning til organisasjonar for at dei skal bidra med informasjons- og motiveringsarbeid som kan få personar som er busette utanfor mottak, til å returnere til heimlandet. UDI forvaltar tilskotsordninga. UDI inngår hovudsakleg fleirårige avtalar med ulike organisasjonar. Tabellen nedanfor viser organisasjonar UDI har fleirårige avtalar med og gav tilskot til i 2023. I tillegg vart det i 2023 gitt til saman 950 000 kroner i tilskot til Norsom News, Clap Along AS og Internasjonal velferdsforening.
Tabell 2.12 Organisasjonar UDI har inngått fleirårige avtalar med og gitt tilskot til i 2023
Namn | Beløp |
---|---|
NOAS (Norsk organisasjon for asylsøkere) | 1 650 000 |
Caritas | 1 958 604 |
NOMKUS (Norges multikulturelle senter) | 825 000 |
Pireus | 1 100 000 |
Totalt | 5 566 604 |
Delar av utgiftene på kap. 490, post 72 kan bli førte som ODA-godkjende utgifter og blir førte som inntekter på kap. 3490, post 01 og post 08, jf. nærmare omtale under kap. 3490, post 01 og post 08.
Løyvingsforslaget er auka med 10,2 mill. kroner samanlikna med saldert budsjett 2024, i hovudsak pga. ein høgare prognose for talet på personar som får tilbakevendingstilskot. I forslaget er det teke utgangspunkt i at det vil bli 220 assisterte returar i 2025, og at 1 000 personar vil få tilbakevendingstilskot (i all hovudsak tilbakevending til Ukraina).
Regjeringa foreslår ei løyving på posten på 42,5 mill. kroner.
Post 73 Beskyttelse til flyktninger utenfor Norge mv., støttetiltak
Formålet med posten er å finansiere støtte til arbeidet som FNs høgkommissær for flyktningar (UNHCR) og ev. andre organisasjonar gjer med overføring av flyktningar, og operative oppgaver i uttakslanda knytte til uttaka til Noreg. Løyvinga bidrar til å auke kapasiteten organisasjonane har til å arbeide med overføringssaker, med tanke på både kvantitet og kvalitet. Tilskot blir fastsette av departementet utan utlysing.
I saldert budsjett for 2023 vart det løyvd 19,9 mill. kroner på posten. Som følgje av at utgifta knytte til uttaka vart lågare enn føresett, vart løyvinga redusert til 18,3 mill. kroner, som vart rekneskapsført ved utgangen av året.
Av løyvinga gjekk 9,3 mill. kroner til UNHCR til prosjektstøtte for bruk av personell frå samarbeidsorganisasjonane International Catholic Migration Commission, RefugePoint, Dansk Flygtningehjælp og International Refugee Assistance Project. Dette personellet inngår i ei ordning for utplassering i land der UNHCR har behov for styrking av kapasiteten. 9 mill. kroner vart nytta til det operative arbeidet til UNHCR og IOM, bl.a. til å gjennomføre norske uttak.
Regjeringa foreslår ein kvote for uttak av overføringsflyktningar på totalt 200 plassar i 2025, noko som reduserer behovet for operativt arbeid i UNHCR og IOM med norske uttak. Vidare foreslår regjeringa å redusere prosjektstøtta til UNHCR med 0,9 mill. kroner. Løyvinga blir i sum foreslått redusert med 3,7 mill. kroner samanlikna med saldert budsjett 2024.
Utgiftene på kap. 490, post 73 kan utgiftsførast som ODA-godkjende utgifter og inntektsførast på kap. 3490, post 06, jf. nærmare omtale under kap. 3490, post 06.
Regjeringa foreslår ei løyving på posten på 10,6 mill. kroner.
Post 74 Internasjonale forpliktelser, kontingenter mv., kan overføres
Løyvinga under posten dekker utgifter til Noregs internasjonale forpliktingar på migrasjonsområdet, medrekna bidrag til EU sitt asylstøttekontor (European Union Agency for Asylum, EUAA), som Noreg er knytt til gjennom ein eigen avtale. Vidare dekker posten relevante delar av Noregs utgifter til Det europeiske byrået for operativ forvaltning av store IT-system på området for fridom, sikkerheit og rettferd (eu-LISA), som Noreg er forplikta til gjennom Schengen-medlemskapet og Dublin-samarbeidet.
Noregs innbetalingar blir fastsette etter fordelingsnøklar. Det blir foreslått å auke løyvinga på posten med 5,4 mill. kroner.
Regjeringa foreslår ei løyving på posten på 93,3 mill. kroner.
Post 75 Reiseutgifter for flyktninger fra utlandet, kan overføres
Løyvinga dekker reiseutgifter for overføringsflyktningar som skal til Noreg, og ev. anna myndigheitsstyrt overføring til Noreg av personar på flukt i samband med byrdedeling. Løyvinga dekker òg utgifter i samband med mottak av overføringsflyktningar når dei kjem til Noreg.
Løyvinga på posten varierer med talet på personar som kjem som overføringsflyktningar, og ev. anna byrdedeling.
Det er lagt til grunn for løyvingsforslaget på posten at det vil komme 275 overføringsflyktningar til Noreg i 2025, inkl. 75 personar frå 2024-kvoten. Dette er om lag 1 100 færre enn forventa ved saldert budsjett 2024, som gjer at behovet for løyving er redusert med 14 mill. kroner.
Delar av utgiftene på kap. 490, post 75 kan utgiftsførast som ODA-godkjende utgifter og inntektsførast på kap. 3490, post 03, jf. nærmare omtale under kap. 3490, post 03.
Regjeringa foreslår ei løyving på posten på 6,4 mill. kroner.
Post 76 Internasjonalt migrasjons- og retursamarbeid, kan overføres
Formålet med posten er å bidra til at migrasjon går for seg på ein velordna, trygg og regulert måte, og at det blir mindre irregulær migrasjon frå enkelte land og regionar.
Posten skal brukast til tilskot til prosjekt som støttar opp om dialog og forhandlingar med viktige opphavs- og transittland om retur og om velordna, trygg migrasjon. Det kan bli gitt prosjekttilskot til tiltak som styrker retursamarbeid generelt eller migrasjonsforvaltninga spesielt i land Noreg prioriterer for retur- og reintegreringsprogram, og til retur- og reintegreringsprogram i regi av Den internasjonale organisasjonen for migrasjon (IOM) for retur frå transittland til opphavsland. Justis- og beredskapsdepartementet tildelte 25,4 mill. kroner i tilskot til slike prosjekt i 2023. Det vart i 2023 bl.a. gitt tilskot til styrking av migrasjonsforvaltninga i Somalia og Tyrkia, til oppretting av eit migrasjonssenter i Irak og til retur- og reintegreringsprogram i Bosnia-Hercegovina og Marokko. Tilskot vart gitt direkte frå departementet og Utlendingsdirektoratet utan utlysing. Frå 2024 er ordninga regulert i forskrift om internasjonalt migrasjonsarbeid.
Det blir foreslått å redusere løyvinga på posten med 1 mill. kroner, mot ein tilsvarande auke i kap. 100, post 01, som skal dekke kostnadene ved at tre spesialutsendingar på utlendingsfeltet får stillingstittel ambassaderåd.
Delar av utgiftene på kap. 490, post 76 kan førast som ODA-godkjende utgifter og førast som inntekter på kap. 3490, post 08, jf. nærmare omtale under kap. 3490, post 08.
Samla blir det foreslått å løyve 27,3 mill. kroner på posten.
Kap. 3490 Utlendingsdirektoratet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2023 | Saldert budsjett 2024 | Forslag 2025 |
01 | Assistert retur fra Norge for asylsøkere med avslag, ODA-godkjente utgifter | 2 449 | 2 192 | 6 286 |
03 | Reiseutgifter for flyktninger fra utlandet, ODA-godkjente utgifter | 53 242 | 33 201 | 11 384 |
04 | Asylmottak, ODA-godkjente utgifter | 3 621 396 | 2 634 796 | 3 122 326 |
05 | Refusjonsinntekter | 3 431 | 2 878 | 2 987 |
06 | Beskyttelse til flyktninger utenfor Norge mv., ODA-godkjente utgifter | 18 275 | 14 325 | 10 128 |
07 | Tolk og oversettelse, ODA-godkjente utgifter | 21 560 | 29 588 | 31 353 |
08 | Internasjonalt migrasjonsarbeid og reintegrering i hjemlandet, ODA-godkjente utgifter | 40 116 | 34 839 | 45 664 |
Sum kap. 3490 | 3 760 469 | 2 751 819 | 3 230 128 |
Innleiing
Visse utgifter under kap. 490 Utlendingsdirektoratet (UDI) kan godkjennast som offisiell utviklingshjelp (Official Development Assistance, «ODA») og inntektsførast under kap. 3490. Desse utgiftene blir altså rekna som ein del av bistandsbudsjettet til Noreg. Nedanfor følgjer ei oversikt over dei ulike postane og delane av verksemda til UDI som kan reknast som utviklingshjelp, i tillegg til ein omtale av post 05, som består av refusjonsinntekter til UDI.
Etter retningslinjene til OECD/DAC (Development Assistance Committee) kan visse utgifter for flyktningar, knytte til både opphald i Noreg og tilbakevending til heimlandet, klassifiserast som offisiell utviklingshjelp (ODA). Kva utgifter som skal reknast som bistand, er regulert i retningslinjene til OECD. På bakgrunn av presiseringar frå OECD gjorde Noreg frå og med 2019 fleire endringar i rapporteringa, jf. Prop. 1 S (2018–2019) for Justis- og beredskapsdepartementet og for Utanriksdepartementet. Denne praksisen er lagd til grunn for berekninga av løyvingsforslaga for 2025
Budsjett for 2025
Post 01 Assistert retur fra Norge for asylsøkere med avslag, ODA-godkjente utgifter
Utgifter til tilrettelegging for at flyktningar skal kunne vende tilbake til heimlandet, og utgifter til at personar med avslag på asylsøknad skal kunne returnere, kan i tråd med statistikkdirektiva til OECD/DAC godkjennast som offisiell utviklingshjelp (ODA). Regjeringa foreslår at delar av utgiftene på kap. 490, post 01 og 72 blir rapporterte inn som bistand.
I samband med dette foreslår regjeringa å inntektsføre 6,3 mill. kroner på posten.
Post 03 Reiseutgifter for flyktninger fra utlandet, ODA-godkjente utgifter
Reiseutgifter til og frå utlandet for flyktningar kan i tråd med statistikkdirektiva til OECD/DAC godkjennast som offisiell utviklingshjelp (ODA). Regjeringa foreslår at relevante utgifter på kap. 490, post 01 og alle utgiftene på post 75 som gjeld reiser og administrative tenester i samband med at flyktningar reiser, blir rapporterte som bistand. I samband med dette foreslår regjeringa å inntektsføre 11,4 mill. kroner på posten.
Post 04 Asylmottak, ODA-godkjente utgifter
Visse innanlandske utgifter for mottak av asylsøkarar og flyktningar kan i tråd med statistikkdirektiva til OECD/DAC godkjennast som offisiell utviklingshjelp. Regjeringa foreslår at delar av utgiftene på kap. 490, post 21, post 60, post 70 og post 71 blir rapporterte som bistand. I samband med dette foreslår regjeringa å inntektsføre 3 122,3 mill. kroner på posten.
Post 05 Refusjonsinntekter
Posten består av refusjon for deltaking i europeiske samarbeidsprosjekt og andre refusjonar. På bakgrunn av erfaringstal blir det foreslått å løyve 3,0 mill. kroner på posten. Det blir foreslått at løyvinga på kap. 490, post 01 kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3490, post 05, jf. forslag til vedtak.
Post 06 Beskyttelse til flyktninger utenfor Norge mv., ODA-godkjente utgifter
Utgifter for overføring av flyktningar kan i tråd med statistikkdirektiva til OECD/DAC godkjennast som offisiell bistand. Regjeringa foreslår at utgifter på kap. 490, post 73 blir rapporterte inn som bistand. I samband med dette foreslår regjeringa å inntektsføre 10,1 mill. kroner på posten.
Post 07 Tolk og oversettelse, ODA-godkjente utgifter
Utgifter til tolk, omsetjing og informasjon i samband med asylsøkarprosessen kan ifølgje statistikkdirektiva til OECD/DAC godkjennast som offisiell utviklingshjelp (ODA). Det blir foreslått at utgiftene på kap. 490, post 22 blir rapporterte som bistand. I samband med dette blir det foreslått å inntektsføre 31,4 mill. kroner på posten.
Post 08 Internasjonalt migrasjons- og retursamarbeid og reintegrering i hjemlandet, ODA-godkjente utgifter
Utgifter for reintegrering av personar som blir returnerte til opphavslandet eller til eit tredjeland, og tiltak som bidrar til samarbeid om retur, returavtalar, oppbygging av migrasjonsforvaltninga i opphavs- og/eller transittland og velordna migrasjon, kan godkjennast som offisiell internasjonal utviklingshjelp (ODA) ifølgje statistikkdirektiva til OECD/DAC. Regjeringa foreslår at relevante utgifter under kap. 490, post 72 og post 76 blir rapporterte inn. I samband med dette foreslår regjeringa å inntektsføre 45,7 mill. kroner på posten.
Kap. 491 Utlendingsnemnda
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2023 | Saldert budsjett 2024 | Forslag 2025 |
01 | Driftsutgifter, kan nyttast under post 21 | 286 478 | 287 951 | 287 043 |
21 | Spesielle driftsutgifter, nemndbehandling mv., kan nyttast under post 01 | 8 145 | 7 382 | 7 663 |
Sum kap. 491 | 294 623 | 295 333 | 294 706 |
Innleiing
Som klageinstans har Utlendingsnemnda (UNE) til hovudoppgåve å etterprøve vedtak som er gjorde i første instans av Utlendingsdirektoratet (UDI), og som blir klaga på. UNE fungerer som eit uavhengig forvaltningsorgan når dei gjer vedtak i klagesaker. UNE vurderer både saker om vern og andre saker om opphald etter utlendingslova, i tillegg til saker om statsborgarskap. UNE saksbehandlar òg krav om omgjering av eigne vedtak. UNE har ei eiga prosedyreeining som prosederer ein del av UNE sine saker i rettssystemet i samarbeid med Regjeringsadvokaten.
Gjennom systematisk og grundig etterprøving av vurderingane som er gjorde i første instans, og ved å vurdere ev. nye opplysningar i saka, bidrar UNE til å vareta rettstryggleiken på utlendingsfeltet. Saker med tvilsspørsmål som er utslagsgivande for utfallet, blir avgjorde i nemndmøte, som oftast med frammøte av klagaren. Nemndleiarar og nemndmedlemmer har sjølvstendig avgjerdsmakt, slik som dommarar i domstolane. UNE skal jobbe for å sikre ei rask og effektiv saksbehandling som varetek rettstryggleiken og unngår å setje livet til barn og unge på vent.
Behandling av klagar og omgjeringsoppmodingar
Talet på innkomne saker hos UNE vil variere både med talet på asylsøkarar og søknader om ulike løyve og med utfalla i vedtaka hos UDI. UNE tok samla imot 7 029 saker i 2023, over 30 pst. fleire enn i 2022. Om lag 12 pst. av sakene var oppmodingar om omgjering. Per utgangen av juni hadde det komme inn 3 674 sakar til UNE i 2024, og om lag 14 pst. av desse var oppmodingar om omgjering. Til samanlikning kom det inn 3 465 saker til UNE i første halvdel av 2023.
UNE behandla til saman 5 743 saker i 2023, som var om lag 240 fleire enn året før.
Gjennomsnittleg saksbehandlingstid for alle saker var i 2023 på 154 dagar, 12 dagar kortare enn i 2022. Per 30. juni 2024 har UNE behandla 3 308 saker, og gjennomsnittleg saksbehandlingstid har vore 178 dagar. Saksbehandlingstida heng bl.a. saman med talet på innkomne saker og samansetjinga av porteføljen. Saksbehandlingstida og tal på ubehandla saker er venta å auke noko i 2025, som følgje av foreslått reduksjon i løyvinga til UNE.
Saker om vern (asyl)
UNE fekk i 2023 inn 1 071 asylsaker, som er 334 fleire enn i 2022. UNE behandla nesten 100 fleire saker enn i 2022. Per 30. juni 2024 var det 581 ubehandla asylsaker i UNE, inkludert oppmodingar om omgjering. Gjennomsnittleg saksbehandlingstid i asylsakene gjekk noko ned i 2023 etter at saksbehandlingstida i dessa sakene gradvis har blitt lengre dei siste åra. I første halvår 2024 var saksbehandlingstida i asylsaker i snitt 173 dagar. UNE skal sikre at det beste for barnet er eit grunnleggjande omsyn i behandlinga av alle asylsaker som gjeld barn. UNE skal prioritere einslege, mindreårige asylsøkarar i alle ledd i saksbehandlinga.
Saker om opphald og statsborgarskap
Talet på innkomne saker om opphald og statsborgarskap var òg høgare i 2023 enn dei føregåande åra. Sjølv om UNE behandla fleire saker enn året før, auka talet på ubehandla saker i 2023. I både 2021 og 2022 var den gjennomsnittlege saksbehandlingstida i opphaldssaker over 160 dagar, men i 2023 vart snittet redusert til 149 dagar.
UNE behandla til saman 5 743 saker i 2023, som var om lag 240 fleire enn året før.
Når UNE stadfestar eit avslag frå UDI, er dette eit endeleg avslag. Det er då mogleg å saksøke staten ved UNE med påstand om at domstolen skal kjenne vedtaket frå UNE ugyldig. UNE var 150 dagar i retten i 2023. Det har vore ein vesentleg reduksjon i talet på hovudforhandlingar og tidsbruk i retten dei seinare åra. Dette kjem i første rekkje av ei utvikling med nedgang i talet på innkomne saker til UNE sidan 2017. UNE tok imot 35 rettskraftige dommar i 2023. Staten fekk medhald i 23 av sakene, noko som utgjer 66 pst. Tilsvarande del i 2022 var 55 pst.
Budsjett for 2025
Post 01 Driftsutgifter, kan nyttes under kap. 491, post 21
Løyvinga på posten skal dekke utgifter til drift av UNE. I det første halvåret av 2024 var utførte månadsverk i UNE i gjennomsnitt 221 årsverk.
Som følgje av prioriteringar blir det foreslått å redusere løyvinga til UNE med 9 mill. kroner samanlikna med saldert budsjett 2024.
Det blir foreslått at Justis- og beredskapsdepartementet får fullmakt til å overskride løyvinga på kap. 491, post 01, mot tilsvarande meirinntekter på kap. 3491, post 01, jf. forslag til vedtak.
Samla foreslår regjeringa ei løyving på posten på 287 mill. kroner.
Post 21 Spesielle driftsutgifter, nemndbehandling mv., kan nyttes under kap. 491, post 01
Løyvinga på posten skal i første rekkje dekke utgifter i samband med avvikling av nemndmøte. Det er den enkelte nemndleiaren som, ut frå regelverket, avgjer om det skal setjast nemnd i den enkelte saka. Nemndutgiftene omfattar bl.a. godtgjersle for reise og opphald for nemndmedlemmer og tolkar, opplæring av nye nemndmedlemmer og reise- og opphaldsutgifter for advokatar og klagarar.
Posten skal òg dekke sakskostnadene til klagarane ut frå forvaltningslova § 36 og i tillegg reise- og opphaldsutgifter for sakføraren i samband med tvunge verneting for utlendingssaker.
Samla foreslår regjeringa ei løyving på posten på 7,7 mill. kroner.