Prop. 1 S (2024–2025)

FOR BUDSJETTÅRET 2025 — Utgiftskapittel: 61, 400–491 Inntektskapittel: 3400–3490

Til innhaldsliste

Del 1
Innleiande del

1 Hovudinnleiing

1.1 Ansvarsområde og organisering

Justis- og beredskapsdepartementet har ansvar for rettsvesenet, kriminalomsorga, politiet og påtalemakta, redningstenesta og utlendingsmyndigheitene og har samordningsansvar for samfunnstryggleik og rikstryggleiken på sivil side. Ansvaret for samordning av norsk politikk i polarområda og svalbardbudsjettet ligg òg til departementet. Departementet har ansvar for om lag 150 lover og har i tillegg som oppgåve å bidra til å sikre kvalitet i lovarbeidet i andre departement. Totalt har Justis- og beredskapsdepartementet 19 underliggjande og tilknytte verksemder som saman bidrar til å oppfylle samfunnsoppdraget til sektoren.

Figur 1.1 Oversikt over underliggjande og tilknytte verksemder under Justis- og beredskapsdepartementet

Figur 1.1 Oversikt over underliggjande og tilknytte verksemder under Justis- og beredskapsdepartementet

1.2 Mål for justis- og beredskapssektoren

Regjeringa arbeider for sterke og trygge lokalsamfunn med gode tenester til innbyggjarane. Tenestene i justis- og beredskapssektoren skal ha ein desentralisert struktur som gir arbeidsplassar og beredskap i heile landet. For 2025 gjeld desse overordna måla for justissektoren:

Figur 1.2 Overordna mål for Justis- og beredskapsdepartementet

Figur 1.2 Overordna mål for Justis- og beredskapsdepartementet

1.3 Hovudsatsingar i 2025

Ei av hovudprioriteringane for Justis- og beredskapsdepartementet i 2025 er å halde fram med arbeidet mot alvorleg kriminalitet. Det er særleg viktig å setje i verk tiltak mot kriminelle nettverk og førebyggje at ungdom fell inn i kriminalitet. På grunn av den internasjonale tryggingspolitiske situasjonen er Forsvaret blitt vesentleg styrkt. Regjeringa er oppteken av at den sivile beredskapen også må styrkast. Robuste kritiske samfunnsfunksjonar er ein viktig bestanddel i eit motstandsdyktig sivilsamfunn, som er avgjerande for totalforsvaret. I revidert nasjonalbudsjett for 2024 vart det gitt løyving til eit løft for rettstryggleiken, som regjeringa foreslår å føre vidare i 2025.

Gjengpakke 2: Kriminelle nettverk, kriminelle gjengar, organisert kriminalitet og førebygging av barne- og ungdomskriminalitet

Regjeringa fremma ei historisk løyvingsauke til politiet i revidert nasjonalbudsjett 2024. 300 mill. kroner skulle styrke arbeidet til politiet mot kriminelle nettverk, kriminelle gjengar og organisert kriminalitet. For å sikre full effekt av arbeidet mot kriminelle nettverk vart politiets grunnløyving styrkt med 1 335 mill. kroner. Dette var ein del av gjengpakke 1. Regjeringa følger nå opp med gjengpakke 2.

I budsjettet for 2025 foreslår regjeringa å auke løyvinga til politiet og påtalemakta i politiet med totalt 2 462 mill. kroner. Samanlikna med saldert budsjett 2024 er dette ein auke i politiets budsjett på over 10 pst. 1 800 mill. kroner av dette er ein vidareføring av løyvinga frå revidert nasjonalbudsjett 2024. 600 mill. kroner, ei dobling av løyvingsauka frå revidert nasjonalbudsjett, av dette blir foreslått brukt til å vidareføre styrkinga mot kriminelle nettverk, kriminelle gjengar og organisert kriminalitet. Dette vil bidra til at politiet kan vere til stades i heile landet i aukande grad, førebyggje kriminalitet i prioriterte område og bidra til å kjempe mot organisert kriminalitet.

I tillegg til styrkinga av politiet sitt arbeid mot kriminelle nettverk, kriminelle gjengar og organisert kriminalitet, er det nødvendig med ei målretta styrking mot kvitvaskings- og korrupsjonskriminalitet i breitt. Regjeringa foreslår derfor at 90 mill. kroner av den auka løyvinga til politiet går til å styrke arbeidet til politiet mot kvitvaskings- og korrupsjonskriminalitet. Økonomisk kriminalitet utførast ofte av kriminelle nettverk, og forslaget vil derfor støtte opp om innsatsen mot organisert kriminalitet.

For å sikre at politiet kan nytte midlane fullt ut i arbeidet mot kriminelle nettverk, foreslår regjeringa at dei resterande midlane på 1 772 mill. kroner skal gå til å vidareføre styrkinga av grunnfinansieringa av politiet og påtalemakta i politiet. 232 mill. kroner av midlane skal fordelast til politidistrikta og leggje til rette for auka politibemanning, hovudsakeleg i dei geografiske driftseiningane. 20 mill. kroner foreslås å gå til Magnormoen politistasjon og Innlandet politidistrikt for å kjempe mot grensekryssande kriminalitet og leggje til rette for eit godt samarbeid med svensk politi. Det foreslås òg 15 mill. kroner til auka operativ evne i rytterkorpset og hundetenesta ved Oslo politidistrikt og 46 mill. kroner til auka bruk av omvend valdsalarm (besøksforbod med elektronisk kontroll), der 13 mill. kroner er ein vidareføring frå revidert nasjonalbudsjett. I tillegg har politiet eit stort digitalt etterslep, og det er behov for eit digitalt løft og omstilling over tid for å minske risikoen for at systema bryt saman. Midlane skal derfor også gå til å sikre sikker og stabil drift av politiet sine IT-system. Påtalemakta er eit viktig ledd i etterforskinga av kriminalitet, og regjeringa foreslår at 40 mill. kroner av grunnfinansieringa går til auka løyving til påtalemakta. Vidare foreslår regjeringa 75 mill. kroner til handteringa av innkomstar frå Ukraina.

Eit viktig ledd i arbeidet mot kriminelle nettverk og kriminelle gjengar er å førebyggje barne- og ungdomskriminalitet. Dei fleste barn og unge er lovlydige. Kriminalitetsbiletet er samstundes i endring, og nokre få ungdommar gjer meir alvorleg kriminalitet enn tidlegare og er oftare involverte i gjenteken kriminalitet. I tillegg til forslaget omtalt ovanfor om å gi politiet ei løyving på 600 mill. kroner til å styrke arbeidet mot organisert kriminalitet, kriminelle nettverk og gjengkriminalitet, foreslår regjeringa totalt 405 mill. kroner til å førebyggje barne- og ungdomskriminalitet. Tiltaka skal målrettast mot område og miljø i Noreg med kriminalitetsutfordringar over tid, og skal bl.a. bidra til å gjennomføre lovendringar og forbetre ungdomsreaksjonane ungdomsstraff og ungdomsoppfølging, etablere eit hurtigspor for behandling av straffesaker i Oslo der gjerningspersonen er under 18 år, utvida kapasitet for plassar for mindreårige i kriminalomsorga og gjennomføring av varetekt med elektronisk kontroll. Eit anna tiltak er arbeid med regelverksutvikling for å motverke gjengkriminalitet og for å få betre verktøy i kampen mot økonomisk kriminalitet. Sjå nærmare omtale under kap. 400 Justis- og beredskapsdepartementet, kap. 410 Domstolene, kap. 430 Kriminalomsorgen, kap. 433 Konfliktrådet, kap. 440 Politiet og kap. 466 Særskilte straffesaksutgifter. Sjå òg omtale under Arbeids- og inkluderingsdepartementet, Barne- og familiedepartementet og Kunnskapsdepartementet.

Øvrige satsingar i justissektoren

Regjeringa fortsett å prioritere arbeidet mot vald og overgrep mot barn og vald i nære relasjonar og foreslår midlar til førebyggingstiltak som ein del av grunnfinansieringa til politiet. Det er viktig at barn har trygge og gode tilbod nær seg. Nokre barn har lang reiseveg til barnehus og regjeringa foreslår å opprette underavdelingar av eksisterande barnehus. Regjeringa foreslår derfor å varig auke løyvinga til statens barnehus med 20 mill. kroner som ein del av grunnfinansieringa til politiet. Oslo politidistrikt har brukt ein metodikk kalla RISK for å førebyggje og oppklare vald i nære relasjonar. Det foreslås 20 mill. kroner til å fortsette å rulle ut metodikken til fleire politidistrikt.

Det er i samband med revidert nasjonalbudsjett for 2024 gitt auka løyving til eit løft for rettstryggleiken, bl.a. for å sikre nærleik til domstolane og god rettstryggleik i heile Noreg. Satsinga inneber auka løyving til domstolane og andre aktørar og instansar, inkludert Kontoret for valdsoffererstatning, Kommisjonen for gjenopptaking av straffesaker og Spesialeininga for politisaker, i tillegg til ein auke i rettshjelpssatsen. Tiltaka blir foreslått vidareførte i 2025. Den samla heilårseffekten av tiltaka er berekna til 250,8 mill. kroner i 2025. Sjå nærmare omtale under programkategori 06.20, 06.60 og 06.70.

Kriminalomsorga har hatt ein krevjande økonomisk situasjon dei siste åra, noko som har ført til ein vesentleg reduksjon i bemanninga. Regjeringa foreslår 55 mill. kroner til å oppretthalde aktivitetsnivået i kriminalomsorga og til utgreiingar av behov for nye fengsel. Regjeringa vil gå i gang med utgreiingar av nye fengsel i Ålesund- og Mosjøen-området, samt utgreiing av ei mogleg utviding av Vadsø fengsel. Regjeringa foreslår òg at 11 mill. kroner av løyvinga skal gå til forprosjektering av nytt kvinnefengsel i 2025. Sjå nærmare informasjon under kap. 430 Kriminalomsorgen, 431 Kriminalomsorgsdirektoratet og 432 Kriminalomsorgens høyskole og utdanningssenter KRUS.

Den tryggingspolitiske situasjonen er varig endra etter Russlands angrepskrig mot Ukraina, samstundes som trusselbiletet er skjerpa. Dette påverkar alle PSTs ansvarsområda og regjeringa foreslår derfor å auke løyvinga til PST med totalt 255 mill. kroner.

I langtidsplanen for Forsvaret blir det foreslått ei rekkje tiltak som skal auke Forsvaret sin kampkraft og tilgjengelegheit. Vi må også styrke sivilsamfunnet og førebu det på situasjonar med samansett verkemiddelbruk og situasjonar øvst i krisespekteret i heile landet. Digitale angrep vil vere ein sentral del av alle framtidige væpna konfliktar, og konsekvensane av digitale hendingar er ofte store. Regjeringa foreslår å løyve 88 mill. kroner til eit løft i arbeidet med totalberedskap og digital tryggleik. Tiltaka skal bl.a. gi styrka evne til å handtere alvorlege cyberhendingar og styrke samfunnstryggleiksarbeidet på regionalt og kommunalt nivå. Forslaget inneber å auke løyvinga til statsforvaltarane og Nasjonalt tryggingsorgan (NSM) og vidareføre løyvinga til DSB for å handtere ei auke i arbeidsmengde som nasjonalt kontaktpunkt for EU si ordning for sivil beredskap, bl.a. som følgje av krigen i Ukraina. Det blir også foreslått tiltak for å styrke forvaltninga av nasjonale digitale fellesløysingar. Sjå nærmare omtale i Prop. 1 S (2024–2025) for Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet. Auka natur- og ekstremturisme parallelt med hyppigare og meir intensivt ekstremvær gir fleire og meir komplekse redningsaksjonar. Regjeringa foreslår å auke tilskotet til dei frivillige organisasjonane i redningstenesta med 6 mill. kroner.

Dagens driftsavtale for Nødnett går ut i 2026. Regjeringa foreslår derfor å forlenge kontrakten. Dagens Nødnett fungerer godt, men det er basert på utgåande teknologi og må på sikt bli erstatta av ei ny løysing for nød- og beredskapskommunikasjon for å halde ved lag og vidareutvikle beredskapen og handteringsevna til nød- og beredskapsetatane. Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) arbeider med forprosjektet for nytt Nødnett. Forprosjektet skal vere ferdig innan utgangen av 2024 med sikte på kvalitetssikring i første halvår 2025. For å sikre tilstrekkeleg kvalitet i Nødnett fram til ny løysing er på plass, må det gjennomførast investeringar. Regjeringa foreslår å løyve 40 mill. kroner til å gjennomføre nødvendige sikringstiltak og utskiftingar i infrastrukturen i dagens Nødnett.

Det er inngått kontrakt for levering av 16 nye redningshelikopter til erstatning for Sea King-maskiner. Regjeringa foreslår å løyve om lag 950 mill. kroner til dette arbeidet i 2025. Dei nye redningshelikoptera skal etter planen vere i drift på seks basar i Noreg i løpet av 2024. Per september er SAR Queen sett i drift på fem basar. I tillegg er utgiftene til drifta av dei nye redningshelikoptera høgare enn utgiftene til dei gamle. Regjeringa foreslår som følgje av dette å auke løyvinga til drifta av redningshelikoptertenesta med 272 mill. kroner. Det er viktig for det nasjonale førebyggande tryggingsarbeidet at NSM evner å vareta samfunnsoppdraget sitt. Det er i Prop. 19 S (2023–2024) og Prop. 104 S (2023–2024) (revidert nasjonalbudsjett) gjort greie for NSM sin manglande balanse mellom vedteke løyving og dei bindingane til lønn og husleige som verksemda har utløyst gjennom 2022 og 2023. NSM gjennomfører kostnadsreduserande tiltak, men det vil ta tid før forbruket kjem i samsvar med løyvingsnivået for saldert budsjett 2024. Regjeringa foreslår derfor å auke løyvinga til NSM med 25 mill. kroner i 2025.

Kostnadane til energiproduksjon i Longyearbyen har auka monnaleg som følgje av overgangen frå kol til diesel som energiberar. Det vart i samband med nysalderinga av 2023-budsjettet og revidert nasjonalbudsjett for 2024 gitt auka løyving til Longyearbyen lokalstyre for å bidra til reduserte energiprisar. Regjeringa foreslår å løyve 100 mill. kroner i 2025 til same formål, noko som òg vil gi auka føreseielegheit for befolkninga i Longyearbyen.

For å handtere innkomstar av asylsøkarar (i hovudsak fordrivne frå Ukraina) i samsvar med prognosane som ligg til grunn for budsjettet foreslår regjeringa å vidareføre ei mellombels løyving til administrativ kapasitet i UDI, på 155 mill. kroner i 2025. Vidare foreslår regjeringa å auke løyvinga knytt til innkvartering i asylmottak frå 3,4 mrd. kroner til 3,8 mrd. kroner. Talet er medrekna utgifter til mottaka, tilskot til vertskommunar og stønader til bebuarar. Det er uvisse om utviklinga framover, og behovet kan endre seg.

Ei stor utfordring for utlendingsforvaltninga er at IT-systema er utdaterte, noko som gjer at dei både er til hinder for effektiv behandling av saker, det er aukande kostnader med å halde dei i drift, og det er og risiko for nedetid, informasjonssikkerheit og personvern. Regjeringa foreslår å auke løyvinga til UDI med 84,5 mill. kroner for å starte eit fleirårig investeringsprogram for å modernisere IT-løysingane. Regjeringa foreslår og ei kostnadsramme og investeringsfullmakt til programmet, jf. forslag til vedtak XI. Prosjektet vil etter kvart bidra til betre og meir effektiv saksavvikling som vil gi større gevinstar både for søkarar, for forvaltninga og for samfunnssikkerheita. I dagens ustabile globale situasjon, med økt migrasjonspress og grenseoverskridande kriminalitet er samfunnet avhengig av at utlendingsforvaltninga fangar opp og kontrollerer opplysningar om identitet tidleg. Prosjektet vil gjere systemportefølja i betre stand til å levere identitets- og opphaldsstatus.

Tabell 1.1 Oversikt over dei nye satsingane til regjeringa på Justis- og beredskapsdepartementet sitt område samanlikna med saldert budsjett 2024

Mill. kroner

Gjengpakke 2: Kriminelle nettverk, kriminelle gjengar, organisert kriminalitet og førebygging av barne- og ungdomskriminalitet1

871,6

Politiets innsats mot kriminelle nettverk, kriminelle gjengar og organisert kriminalitet – vidareføring av auken i revidert nasjonalbudsjett 2024

600,0

Styrke politiet sitt arbeid mot kvitvasking og korrupsjon

90,0

Ungdomsstraff og ungdomsoppfølging – lovendringar og etablering av hurtigspor for behandling av straffesaker i Oslo der gjerningspersonen er under 18 år

34,0

Regelverksutvikling for å motverke gjengkriminalitet

10,0

Betra kapasitet for plassar for mindreårige i kriminalomsorga

127,6

Tilskotsordning for samordning av lokale rus- og kriminalitetsførebyggjande tiltak (SLT)

10,0

Politiet

1 772,0

Styrke grunnfinansieringa av politiet og påtalemakta i politiet

1 772,0

Rettstryggleik

250,8

Høgsterett – fleire utreiarar – vidareføring av auken i revidert nasjonalbudsjett 2024

2,2

Endringar i domstolstrukturen – vidareføring av auken i revidert nasjonalbudsjett 2024

50,3

To embetsdommarar ved kvar rettsstad – vidareføring av auken i revidert nasjonalbudsjett 2024

10,8

Trygg og stabil drift av IT-systema i domstolane – vidareføring av auken i revidert nasjonalbudsjett 2024

50,0

Lyd- og biletopptak i domstolane – vidareføring av auken i revidert nasjonalbudsjett 2024

6,5

Trygge rettslokale – vidareføring av auken i revidert nasjonalbudsjett 2024

19,5

Spesialeininga for politisaker – vidareføring av auken i revidert nasjonalbudsjett 2024

4,0

Kommisjonen for gjenopptaking av straffesaker – vidareføring av auken i revidert nasjonalbudsjett 2024

6,0

Kontoret for valdsoffererstatning – vidareføring av auken i revidert nasjonalbudsjett 2024

4,0

Auke av salærsatsen til advokatar m.m. – vidareføring av auken i revidert nasjonalbudsjett 2024 og ein auke i satsen på 50 kroner i 2025

97,5

Kriminalomsorga

55,0

Oppretthalde aktivitetsnivået i kriminalomsorga

55,0

Tryggleik i samfunnet

746,0

PST – vidareføring av auken i revidert nasjonalbudsjett 2024

255,0

Auke driftsbudsjettet for redningshelikoptertenesta

272,0

Investeringar for å oppretthalde dagens Nødnett

40,0

NSM – vidareføring av ekstraløyving i revidert nasjonalbudsjett 2024

25,0

NSM sitt arbeid med førebygging og handtering av alvorlege cyberhendingar

42,0

Justis- og beredskapsdepartementet sitt arbeid med regelverk innan beredskap og nasjonal tryggleik

6,0

Auka tilskot til dei frivillige organisasjonane i redningstenesta

6,0

Støtte til lågare straumprisar i Longyearbyen

100,0

Utlendingsforvaltninga

239,5

Modernisering av IT-systema i utlendingsforvaltninga

84,5

Mellombels løyving til UDI til handtering av høge tal på fordrivne frå Ukraina

155

Sum

3 934,9

1 Regjeringa foreslår samla 405 mill. kroner til å førebyggje barne- og ungdomskriminalitet, fordelt med 201,6 mill. kroner under Justis- og beredskapsdepartementet (inkludert 20 mill. kroner til RISK og 5 mill. kroner til politiets arbeid med etablering av hurtigspor som er ein del av forslaget om auka grunnfinansiering til politiet), 20 mill. kroner under Arbeids- og inkluderingsdepartementet, 68,8 mill. kroner under Barne- og familiedepartementet, 6,9 mill. kroner under Helse- og omsorgsdepartementet og 107,7 mill. kroner under Kunnskapsdepartementet.

1.4 Rettstryggleik

Rettstryggleik inneber at befolkninga i Noreg er trygg på at alle rettsforholda mellom offentlege myndigheiter og den enkelte er føreseielege og forholdsmessige. Avgjerder og inngrep overfor den enkelte er baserte på lover og reglar, og det er openheit rundt avgjerder slik at dei kan kontrollerast. Myndigheitene opptrer upartisk, og reglane for saksbehandling blir følgde. Alle har reelt høve til å forsvare interessene sine overfor myndigheitene og kvarandre.

1.4.1 Innleiing

Verksemder som er særleg viktige for rettstryggleiken, er politiet, Den høgare påtalemakta, Spesialeininga for politisaker, forliksråda, domstolane, kommisjonen for gjenopptaking av straffesaker, Statens sivilrettsforvaltning, kriminalomsorga, konfliktrådet, Utlendingsdirektoratet og Utlendingsnemnda.

Justis- og beredskapsdepartementet forvaltar òg ei rekkje ordningar som varetek rettstryggleiken til individa i samfunnet. Døme på slike ordningar er fri rettshjelp og tilskot til spesielle rettshjelpstiltak, erstatning til valdsoffer, erstatning i samband med straffeforfølging og verjemålsordninga.

I samband med revidert nasjonalbudsjett for 2024 la regjeringa fram forslag om eit varig løft for rettstryggleiken, bl.a. for å sikre nærleik til domstolane og god rettstryggleik i heile Noreg. Det blir foreslått å føre vidare tiltaka i 2025.

1.4.2 Tilstandsvurdering

Garantiar for rettstryggleiken kjem til uttrykk i Grunnlova og i dei internasjonale forpliktingane Noreg har, t.d. retten til ein rettvis rettargang, legalitetsprinsippet, forbod mot å gi lover tilbakeverkande kraft og forbod mot diskriminering. Krav til rettstryggleik inngår òg i ulike menneskerettsforpliktingar, som gjennomgåande stiller krav om at inngrep i menneskerettar må ha eit rettsleg grunnlag, forfølgje eit legitimt formål og vere forholdsmessige. Både norske domstolar og Den europeiske menneskerettsdomstolen bidrar til å sikre at Noreg oppfyller sentrale krav til rettstryggleik.

Noreg er eit land med svært høg tillit, samanlikna med andre land. Denne tilliten blir spegla i resultata i undersøkingar om tillit til både politiet og rettsvesenet. Likevel står justissektoren føre fleire utfordringar knytte til rettstryggleik på både kort og lang sikt.

Politiet og påtalemakta

Det er avgjerande for rettstryggleiken til den enkelte, både for offer og mistenkte, at lovbrot blir oppklarte innan rimeleg tid. Høg oppklaringsprosent for lovbrot er også avgjerande for den generelle rettsoppfatninga i samfunnet. Spesielt for lovbrot med høg strafferamme er det sentralt at dei blir oppklarte på ein rettstrygg måte. For vald, mishandling og seksuallovbrot med høg strafferamme har det over lang tid vore ein fallande oppklaringsprosent. Samstundes har det totale talet på etterforska saker auka, og dei siste åra har talet på barn under 18 år som blir sikta for vald, mishandling og seksuallovbrot, auka kraftig. I sum fører dette til eit stort behov for meir kapasitet og kompetanse i straffesakskjeda. Ein auke i omfanget av saker hos politiet og påtalemakta medfører også ein auke i det siste leddet i straffesakskjeda, kriminalomsorga og konfliktrådet.

Figur 1.3 Talet på etterforska lovbrot og oppklaringsprosent: vald, mishandling og seksuallovbrot

Figur 1.3 Talet på etterforska lovbrot og oppklaringsprosent: vald, mishandling og seksuallovbrot

Kjelde: SSB 2024, tabell 09405

For vinningslovbrot har talet på etterforska lovbrot falle kraftig over ein lengre periode, noko som isolert sett frigjer ressursar i straffesaksbehandlinga. Dei siste par åra har trenden derimot snudd, og det har vore ein auke i tjuveri og vinningslovbrot. Dette heng bl.a. saman med auken i registrert kriminalitet blant unge. Vidare har det også vore ein auke over lengre tid for bedrageri, og her er oppklaringsprosenten låg. Denne endringa i kriminalitetsbiletet gjer det nødvendig å utvide kapasiteten og byggje kompetanse til å straffeforfølgje bedrageri, som ofte blir utført digitalt.

Figur 1.4 Talet på etterforska lovbrot og oppklaringsprosent: utvalde vinningslovbrot

Figur 1.4 Talet på etterforska lovbrot og oppklaringsprosent: utvalde vinningslovbrot

Kjelde: SSB 2024, tabell 09405

Lovbrot utan tydelege personoffer blir i hovudsak melde av politiet og administrative kontrolletatar, og det er i stor grad kontrollverksemda deira som avdekker slike lovbrot. Døme på slike lovbrot er rusmiddellovbrot, trafikklovbrot og fleire typar ordens- og integritetskrenkingar. For rettstryggleiken til etterforska personar og den generelle rettsoppfatninga i samfunnet er det avgjerande at slike saker blir straffeforfølgde på ein rettferdig og legitim måte. Dei siste åra har det vore ein auke i slike etterforska saker som blir lagde bort av politiet og påtalemakta. I 2023 vart 45 pst. av alle etterforska næringslivs- og økonomilovbrot lagde bort, og 13 pst. av alle saker vart lagde bort på grunn av manglande saksbehandlingskapasitet. 30 pst. av alle etterforska rusmiddellovbrot vart lagde bort.

Domstolsbehandling

Tilgjengelege og effektive domstolar som tek avgjerder med høg kvalitet, er avgjerande for rettstryggleiken til den enkelte. Saksbehandlingstida i domstolane er sentral for rettstryggleiken til både offera og dei tiltalte. I 2023 var saksbehandlingstida i meddomsrettssaker i tingrettane 2,7 md. Dette er same nivå som i 2022 og oppfyller målsetjinga for saksbehandlingstid. I lagmannsrettane har saksbehandlingstida i 2023 blitt redusert for alle sakstypar. Samla for alle lagmannsrettane var saksbehandlingstida i 2023 under målet på 6 md. i sivile anker, og for første gong på fleire år klarte alle seks lagmannsrettane målet som er sett av Stortinget for desse sakene. I bevisankar med strafferamme under 6 år er no saksbehandlingstida 5,5 md., samanlikna med 5,8 md. i 2022 og 6,4 md. i 2021.

Den reelle tilgjengelegheita til domstolane er bl.a. knytt til kva det kostar å ta ei sak for domstolane. Sakskostnader i tvistesaker for domstolane har auka dei seinare åra, og det kan vere eit problem med tanke på befolkninga sin tilgang til domstolane. I straffesaker får tiltalte dekt utgifta til forsvarar, og i ei rekkje tilfelle har offer rett på bistandsadvokat. Når det gjeld sivile saker, kan ein få dekt utgifta til advokatbistand i bestemte sakstypar. Når det gjeld støtte til rettshjelp i sakstypar som er behovsprøvde, har det bl.a. vore ei utfordring at få har komme inn under ordninga.

Utfallet av domstolsbehandling i straffesaker er eit uttrykk for i kva grad domstolane er materielt samde i straffesaksbehandlinga i politiet og påtalemakta, og behandlinga er viktig for å vareta rettsvernet til tiltalte personar i straffesaker. I gjennomsnitt for alle lovbrot har delen tiltalar som endar med straffereaksjon i domstol, over lang tid lege på i overkant av 90 pst. Delen for seksuallovbrot og vald og mishandling har gjennomgåande lege noko lågare.

Anke er eit ordinært rettsmiddel som blir brukt for å få ei sak bringa inn for ein høgare rett etter at ho er avgjord i ein lågare rett. Både den domfelte og påtalemakta kan anke. I 2023 fekk lagmannsrettane inn omtrent 2 600 straffeankar til ankeprøving. Delen saker som blir vist til behandling, var på om lag 38 pst. Tilsvarande del i 2022 var 40 pst.

Straff i fengsel

Ei fengselsstraff skal vere tap eller innskrenking av fridom, ikkje tap av andre grunnleggjande menneskerettar. Straffegjennomføringslova set klare rammer for maktutøvinga til kriminalomsorga. Bortsett frå fridomsrøvinga har innsette dei same rettane som andre norske borgarar. Det at livet skal være så normalt som mogleg er derfor ein viktig del av verdigrunnlaget for kriminalomsorga, der skulen, helsetenesta og andre etatar kjem inn i fengsla og leverer dei tenestene som innsette har krav på.

Innsettepopulasjonen har blitt meir krevjande, bl.a. fordi fleire innsette er dømde for alvorlege lovbrot som vald, mishandling og seksuallovbrot, og fordi ein betydeleg del har samansette utfordringar og treng psykiatrisk hjelp. Det har vore ein auke i delen innsette med psykiske lidingar. Arbeidet med å førebyggje sjølvmord, sjølvmordsforsøk og alvorleg sjølvskading fell inn under folkerettslege forpliktingar. Auken i sjølvmordsforsøk og sjølvskading dei siste to åra gjeld kvinnelege innsette. Det vart i 2023 registrert 125 sjølvmordsforsøk, og av desse var 93 utførte av 10 kvinner.

Auken i talet på barn under 18 år som blir sikta for vald, mishandling og seksuallovbrot har ført til ein kraftig auke i etterspurnaden etter plassar for mindreårige i kriminalomsorga. Dei siste to åra har det i gjennomsnitt vore ei tredobling av innsetjingar ved ungdomseiningane. Auken inneber ein risiko for at det i periodar kan vere fleire mindreårige innsette enn det er plass til i ungdomseiningane. Det er også ein risiko for at kriminalomsorga ikkje klarer å stille tilstrekkeleg varetektsplassar til disposisjon for politiet. Det er derfor behov for å auke kapasiteten på plassar for barn i ungdomseiningane.

Samstundes som at gruppa av innsette har blitt endra, så har det vore ein betydeleg reduksjon i talet på tilsette. I perioden 2021 til 2024 har det blitt nesten 300 færre årsverk i førstelinja. Det er no ein høg og aukande turnover blant dei unge tilsette, noko som bidrar til høg snittalder og auka arbeidsvolum og belastning for dei tilsette fengselsbetjentane.

1.4.3 Tiltak

Det har vore ein krevjande økonomisk situasjon i kriminalomsorga dei siste åra. Regjeringa foreslår 55 mill. kroner til å oppretthalde aktivitetsnivået i kriminalomosrga og til utgreiing av behov for nye fengsel.

For å sikre betre kapasitet i ungdomseiningane foreslår regjeringa 145 mill. kroner til dette formålet. Det omfattar bl.a. ei utbygging av plassar for mindreårige i kriminalomsorga og gjennomføring av varetekt med elektronisk kontroll. Midlane er ein del av regjeringa si satsing mot barne- og ungdomskriminalitet.

Stortinget har vedteke startløyving i 2024 til rehabilitering av Bergen tinghus. Arbeidet med rehabiliteringa førast videre i 2025.

Det er i samband med revidert nasjonalbudsjett for 2024 gitt løyving til eit løft for rettstryggleiken, bl.a. for å sikre nærleik til domstolane og god rettstryggleik i heile Noreg. Satsinga inneber auka løyving til domstolane og andre aktørar og instansar, inkludert Kontoret for valdsoffererstatning, Kommisjonen for gjenopptaking av straffesaker og Spesialeininga for politisaker, i tillegg til ein auke i rettshjelpssatsen. Tiltaka blir foreslått vidareførte i 2025. Den samla heilårseffekten av tiltaka er berekna til 250,8 mill. kroner i 2025. Sjå nærmare omtale under programkategori 06.20, 06.60 og 06.70.

Stortinget vedtok 15. desember 2023 forslag til endringar i rettshjelplova, jf. Prop. 124 L (2022–2024), som inneber ein ny modell for behovsprøvd rettshjelp. Endringane vil sikre at fleire personar kjem inn under ordninga, og grensa for å kunne få fri rettshjelp vil bli justert årleg. Departementet tek sikte på at den nye modellen for behovsprøvd rettshjelp vil tre i kraft i løpet av 2025. Sjå nærmare omtale under programkategori 06.70.

1.5 Tryggleik i samfunnet

Tryggleik i samfunnet inneber at samfunnet skal vere verna mot hendingar som set liv og helse i fare, og som truar grunnleggjande verdiar og viktige samfunnsfunksjonar. Det skal vere trygt å bu og ferdast i heile Noreg.

1.5.1 Innleiing

Politiet, Politiets tryggingsteneste (PST), kriminalomsorga, Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB), Nasjonalt tryggingsorgan (NSM), Sivil klareringsmyndigheit (SKM) og Hovudredningssentralen (HRS) gjer alle eit viktig arbeid for å trygge samfunnet. Norsk redningsteneste er organisert som eit samvirke mellom ei rekkje offentlege, frivillige og private aktørar og bidrar ved hendingar der livet eller helsa til menneske er i fare.

Dei samla beredskapsressursane inkluderer eigenberedskapen vår og næringslivet og dei frivillige organisasjonane sin kapasitet til krisehandtering. Den frivillige innsatsen er t.d. eit sentralt element i den norske redningstenesta.

1.5.2 Tilstandsvurdering

Sivil motstandskraft

Motstandskraft er eit uttrykk for evna eit samfunn har til å halde ut og handtere store hendingar, vinne att viktige funksjonar etter at noko har hendt, og om det er nødvendig, tilpasse seg endra føresetnader. Motstandskrafta vår er utfordra av samtidige kriser og eit meir samansett trusselbilete enn før. Eit land med stor motstandskraft vil vere mindre sårbart for samansette truslar, men òg for naturhendingar og ulukker.

Noreg er eit land som har stor evne til å handtere større hendingar og kriser. Eit viktig grunnlag for denne motstandskrafta er den store tilliten til myndigheitene. Innbyggjarundersøkinga til Direktoratet for forvaltning og økonomistyring (DFØ) frå 2024 viser at folk framleis har høg tillit til Stortinget, regjeringa og offentleg forvaltning, bl.a. domstolane og politiet, sjølv om tilliten er litt lågare enn ved den førre undersøkinga. Det gjeld òg OECD sin rapport frå 2024, som viser at om lag fem av ti nordmenn har tillit til myndigheitene, medan gjennomsnittet i OECD-land er om lag fire av ti.

Offentlege verksemder arbeider med å utvikle og halde ved like evna til å handtere hendingar som set liv og helse i fare, på tvers av sektorar og nivå. For å byggje eit trygt samfunn krevst det samarbeid mellom offentlege ressursar, privat næringsliv, frivillige organisasjonar, lokalsamfunn og kvar og ein av oss.

Vi er ein ressurssterk nasjon med grunnleggjande demokratiske verdiar, og vi har sterke alliansar i NATO, der vi sjølv leverer vesentlege bidrag. Noreg deltek òg i EU si ordning for sivil beredskap. Såleis har vi eit godt utgangspunkt for å møte det krevjande trussel- og risikobiletet.

Dei tryggingsfaglege råda til NSM vektlegg at tryggingsutfordringane dei neste åra vil drivast av ei rekkje fleire faktorar enn før. Det skaper eit stadig meir komplekst bilete som vil krevje meir av oss dei neste åra. Gapet mellom aktiviteten til trusselaktørane og tryggingsarbeidet aukar.

Politiet og Forsvaret er dei sentrale aktørane i utøvinga av maktmonopolet til staten. Forsvaret skal bidra til samfunnstryggleik gjennom samarbeid med og bistand til politiet og sivile beredskapsmyndigheiter. Den gjensidige avhengnaden aukar mellom militære og sivile aktørar og mellom offentleg og privat sektor.

Kommunane har ansvar for samfunnstryggleiken i spennet frå cyberhendingar til flaum og skred, og dei må ha kunnskap og evne til å kunne handtere ei rekkje truslar. I kommuneundersøkinga til DSB for 2024 rapporterer 97 pst. av kommunane at dei har utarbeidd ein overordna beredskapsplan, og 31 pst. rapporterer òg at dei har ein plan som er for gammal, dvs. meir enn fire år. I befolkningsundersøkinga svarer nesten fire av fem (eller 78 pst.) at dei er samde i at hushaldningane må vere budde på å klare seg utan samfunnet si hjelp i ei veke. Av hendingar som kan inntreffe, har befolkninga vore mest bekymra for cyberangrep på styringssystemer1.

Tryggingspolitisk utvikling

Vi står overfor eit krevjande trussel- og risikobilete som har endra seg dramatisk dei seinare åra. Vi blir utfordra av statar med tryggingspolitiske ambisjonar som ikkje samsvarer med dei nasjonale tryggingsinteressene våre. Større konfrontasjonsvilje hos ikkje-vestlege statar og russisk bruk av militærmakt og energi som våpen er døme på dette. Invasjonen av Ukraina har skapt varige endringar i forholdet mellom Russland og vestlege land.

Stormaktsrivalisering, rask teknologiutvikling og stadige endringar i den tryggingspolitiske situasjonen påverkar i stor grad det nasjonale trusselbiletet og utfordrar tryggleiken vår. Russlands angrepskrig mot Ukraina bidrar framleis til å skjerpe etterretningstrusselen nasjonalt. Rolla vår som energileverandør og det at nordområda er strategisk viktige, gjer at Noreg er særleg utsett for etterretnings- og sabotasjeverksemd og anna uønskt aktivitet. Det kjem fram i trussel- og risikovurderingane frå Etterretningstenesta, PST og NSM og i DSB sine krisescenario.

Terrortrusselnivået i Noreg har dei siste åra vore på moderat nivå, men utfordringsbiletet er i stadig endring, og terrortrusselen mot Noreg er reell. I 2024 vurderer PST trusselen frå ekstreme islamistar som noko meir alvorleg enn trusselen frå høgreekstremistar.2 Likeins er PST bekymra for negativ merksemd mot norske politikarar og tillitsvalde. Den samla belastninga kan føre til at enkelte trekkjer seg frå det politiske ordskiftet, ikkje tek attval eller avstår frå å stille til val. Dette svekker det demokratiske systemet.

Klima

Det blir meir ekstremt vêr, og klimapanelet i FN er tydeleg på at auken i ekstremvêr kjem av klimaendringane. Ekstreme hendingar som storm, mykje nedbør, flaum og tørke vil bli kraftigare og ikkje så lette å planleggje for, og dermed true liv og helse, materielle verdiar og nødvendig infrastruktur i større grad enn før. 62 pst. av kommunane rapporterer om handtering av alvorleg naturhending dei siste to åra (Kommuneundersøkinga til DSB, 2024). Sterk vind, skred og vatn på avvegar er det ein ser mest av. Noreg har gode ordningar for dei som er råka av hendingar.

På lokalplanet må kommunane førebyggje dei mest alvorlege utfalla av klimaendringane, bl.a. gjennom god arealplanlegging. Lokale myndigheiter må òg kunne handtere alvorlege klimarelaterte hendingar.

Grenseoverskridande konsekvensar av klimaendringar kan påverke samfunnstryggleiken i Noreg. Tørke, ekstrem nedbør og flaum kan føre til matmangel, menneskeleg liding og økonomisk samanbrot i andre land, og dette kan føre til migrasjon og spreiing av sjukdommar.

Digital tryggleik

Stadig fleire verdiar som er viktige for nasjonal tryggleik, er digitaliserte og blir forvalta og behandla ved bruk av datasystem og internett. Digitalisering og teknologiutvikling fører til meir effektivisering og fornying, men det introduserer samstundes nye sårbarheiter og avhengnader. Den raske utviklingstakta og endringane i den tryggingspolitiske situasjonen gjer det stadig meir krevjande for både offentlege og private verksemder å halde oppe eit forsvarleg tryggingsnivå gjennom heile krisespennet, dvs. i fred, krise og krig.

Auka digitalisering gjer oss meir sårbare for digitale angrep og både tilsikta og utilsikta hendingar. Samfunnet vårt er heilt avhengig av at nødvendige samfunnsfunksjonar fungerer. Digitale system og måten vi bruker dei på, blir stadig meir komplekse, og teknologiske endringar skjer raskt. Med eit meir krevjande trusselbilete og fleire alvorlege digitale hendingar er det desto viktigare med førebyggjande tryggingsarbeid.

Cyberoperasjonar som metode for bl.a. etterretning og påverknad er forsterka av den nye tryggingspolitiske situasjonen som Russland sitt angrep på Ukraina har skapt. Slike operasjonar vil kunne gi høg effekt utan stor risiko for den som står bak. Statlege aktørar har vist evne til å bruke heile verkemiddelapparatet sitt for å oppnå politiske mål, gjennom såkalla samansett verkemiddelbruk.

I Meld. St. 9 (2022–2023) om nasjonal kontroll og digital motstandskraft, jf. Innst. 247 S (2022–2023), ligg det politiske grunnlaget for den strategiske retninga, prioriteringane og tiltaka for digital tryggleik. Meldinga byggjer på ein strategisk kurs utvikla over mange år, bl.a. i nasjonale strategiar, stortingsmeldingar og utgreiingar. I meldinga blir den strategiske retninga tydeleggjord og forsterka. Sentralt i meldinga er bruk av regulatoriske verkemiddel for å ansvarleggjere verksemder. Samstundes må myndigheitene bidra til at arbeidet med førebyggjande tryggleik blir samordna, styrka og forenkla. I tillegg til at førebyggjing blir prioritert, må Noreg sørge for å ha tilstrekkeleg kompetanse og kapasitet til å handtere digitale angrep, som stadig aukar i tal.

Politiets tryggingsteneste (PST) peikar også på ein ny trend blant framande etterretningstenester, med eit skifte frå rekruttering av kjelder via fysiske møte til rekruttering via digitale verkemiddel, t.d. gjennom chatteapplikasjonar.

Trygge lokalsamfunn

Regjeringa er oppteken av samfunnstryggleik der folk bur. Ekstremvêr, flaum, store ulukker, brann, epidemiar og bortfall av nødvendige samfunnsfunksjonar, bl.a. straum, elektronisk kommunikasjon (ekom) og vegsamband, er døme på bredda i uønskte hendingar som kan ramme kommunar og fylke. På regionalt og kommunalt nivå har fylka og kommunane eit grunnleggjande ansvar for å vareta tryggleiken til befolkninga. God beredskap krev klare ansvarslinjer og lokal forankring og at ressursane som skal handtere hendingar, er tilgjengelege over heile landet. I Noreg er dei frivillige organisasjonane i redningstenesta ein viktig del av samvirket mellom dei offentlege og private ressursane. Utviklinga i utfordringsbiletet, med bl.a. fleire påkjenningar frå naturhendingar, stiller skjerpa krav til samfunnstryggingsarbeidet på regionalt og lokalt nivå. Sivilforsvaret er staten sin forsterkningsressurs og gir støtte til nød- og beredskapsetatane i heile krisespekteret. Brann- og redningsvesenet er den viktigaste tekniske ressursen til kommunane og gir rask bistand der folk bur.

Ei av dei viktigaste oppgåvene til politiet er å handheve lov og orden, slik at samfunnet og innbyggjarane er trygge. Saman med andre aktørar skal politiet førebyggje kriminalitet og ulukker og agere raskt, kompetent og samordna når slike hendingar og naturhendingar likevel skjer. Resultata frå den årlege innbyggjarundersøkinga til politiet for 2023 viser at dei aller fleste innbyggjarar kjenner seg trygge i eige nærmiljø, men at innbyggjarane i dei mest sentrale kommunane kjenner seg mindre trygge enn innbyggjarane i dei minst sentrale kommunane.

Rask respons kan berge liv, redusere skadeomfang eller medverke til å klare opp kriminalitet. Det er stilt krav til responstida til politiet for ekstraordinære hendingar og hendingar der liv er direkte trua, eller der det av andre grunnar er nødvendig med umiddelbar respons frå politiet. Politiet nådde dei nasjonale krava for responstid frå 2020 til 2022, og var svært nære å nå krava i 2023.

1.5.3 Tiltak

Noreg står i ein krevjande og komplekse tryggleikssituasjon og regjeringa foreslår derfor å auke løyvinga til PST med totalt 255 mill. kroner i 2025. 150 mill. kroner av auken i løyvinga til PST er ei vidareføring frå revidert nasjonalbudsjett i 2024.

I tillegg til å foreslå ei auka løyving til PST, har regjeringa i 2024 fått gjennom ei lovendring om kriminalisering av ulovleg påverknad av avgjerder eller av den allmenne meiningsdanninga gjennom samarbeid med framand etterretningsteneste. Lovendringa gjer det mogleg for PST å avdekke og straffeforfølgje verksemd som er eigna til å påverke politiske avgjerder og den allmenne meiningsdanninga.

Justis- og beredskapsdepartementet vil bidra inn i ei stortingsmelding om ekstremisme, som følgjer opp aktuelle forhold frå utgreiinga til ekstremismekommisjonen, og som skal leggjast fram våren 2025. Justis- og beredskapsdepartementet vil også, i samarbeid med dei departementa det vedkjem, gjennomgå den nasjonale kontraterrorstrategien for å sikre at prioriteringane på feltet er riktige, bl.a. sett opp mot utfordrings- og trusselbiletet og oppfølginga av evalueringsutvalet etter skytinga 25. juni 2022.

Regjeringa legg opp til å fremme ei stortingsmelding om totalberedskap i 2024. Meldinga skal skrivast ut frå den krevjande tryggingspolitiske situasjonen og spissast mot temaet «motstandskraft», med hovudvekt på ytterlegare utvikling av totalforsvaret. Nasjonal kontroll, forsyningstryggleik, digital tryggleik, samarbeid med næringslivet og koordinering av beredskapsarbeidet på sentralt, regionalt og lokalt nivå blir viktige tema i meldinga. Saman med Prop. 87 S 2023–2024 Forsvarsløftet – for Norges trygghet beskriv meldinga regjeringa si samla politikk for å trygge Noreg. Den er viktig for oppfølginga av totalberedskapskommisjonen sin rapport, og i arbeidet med å førebu Noreg på krevjande situasjonar vi må være førebudde på å kunne handsame.

Langtidsplanen for Forsvaret slår fast at det vil bli meir krevjande å vareta norsk sikkerheit framover. Samstundes med at vi skal styrke Forsvaret, må vi òg styrke sivilsamfunnets motstandskraft i kriser, naturhendingar og konfliktar. Statlege aktørar utøver aktivitetar i det digitale rom som fremmar eigne strategiske mål. Regjeringa foreslår å løyve 88 mill. kroner til eit løft i arbeidet med totalberedskap og digital tryggleik. Tiltaka skal bl.a. gi auka evne til å handtere alvorlege cyberhendingar og styrke samfunnstryggleiksarbeidet på regionalt og kommunalt nivå. Forslaget inneber å auke løyvinga til statsforvaltarane og NSM og vidareføre løyvinga til DSB for å handtere ei auke i arbeidsmengde som nasjonalt kontaktpunkt for EUs ordning for sivil beredskap, bl.a. som følgje av krigen i Ukraina. Det blir også foreslått tiltak for å styrke forvaltninga av nasjonale digitale fellesløysingar. Sjå nærmare omtale i Prop. 1 S (2024–2025) for Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet.

Regjeringa foreslår å auke tilskotet til dei frivillige organisasjonane i redningstenesta med 6 mill. kroner.

Det er viktig for det nasjonale førebyggjande tryggingsarbeidet at NSM evnar å vareta samfunnsoppdraget sitt. Det er i Prop. 19 S (2023–2024) og Prop. 104 S (2023–2024) (revidert nasjonalbudsjett) gjort greie for NSM sin manglande balanse mellom vedteke løyving og dei bindingane til lønn og husleige som verksemda har utløyst gjennom 2022 og 2023. NSM gjennomfører kostnadsreduserande tiltak, men det vil ta tid å få forbruket i samsvar med løyvingsnivået i saldert budsjett 2024. Regjeringa foreslår derfor å auke løyvinga til NSM med 25 mill. kroner i 2025.

Det er inngått kontrakt for levering av 16 nye redningshelikopter til erstatning for Sea King-maskiner. Regjeringa foreslår å løyve om lag 950 mill. kroner til dette arbeidet i 2025. Dei nye redningshelikoptera skal etter planen vere i drift på seks basar i Noreg i løpet av 2024. Per september er SAR Queen sett i drift på fem basar. I tillegg er utgiftene til drifta av dei nye redningshelikoptera høgare enn utgiftene til dei gamle. Regjeringa foreslår som følgje av dette å auke løyvinga til drifta av redningshelikoptertenesta med 272 mill. kroner.

Dagens driftsavtale for Nødnett går ut i 2026. Regjeringa foreslår derfor å forlenge kontrakten. Dagens Nødnett fungerer godt, men det er basert på utgåande teknologi og må på sikt bli erstatta av ei ny løysing for nød- og beredskapskommunikasjon for å halde ved lag og vidareutvikle beredskapen og handteringsevna til nød- og beredskapsetatane. Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) arbeider med forprosjektet for nytt Nødnett. Forprosjektet skal vere ferdig innan utgangen av 2024 med sikte på kvalitetssikring i første halvår 2025. For å sikre tilstrekkeleg kvalitet i Nødnett fram til ny løysing er på plass, må det gjennomførast investeringar. Regjeringa foreslår å løyve 40 mill. kroner til å gjennomføre nødvendige sikringstiltak og utskiftingar i infrastrukturen i dagens Nødnett.

1.6 Låg kriminalitet

Låg kriminalitet betyr at det i Noreg i liten grad skjer kriminelle handlingar, og at det er få alvorlege lovbrot.

1.6.1 Innleiing

Verksemder som er viktige for å ha låg kriminalitet, er politiet, domstolane, Den høgare påtalemakta, Spesialeininga for politisaker, kriminalomsorga og konfliktrådet. Låg kriminalitet krev samstundes innsats frå fleire aktørar i samfunnet. Det inneber verksemder som arbeider med eller har ansvar for tidleg førebygging av kriminalitet, som utdanningssektoren, barnevernet, helsesektoren, frivillige organisasjonar m.m.

Det er klare samanhengar mellom kriminalitet og alder, kjønn og ulike sosioøkonomiske faktorar. Spesielt unge menn utanfor arbeid og utdanning har klart større risiko for å utføre lovbrot enn resten av befolkninga. Det er òg ein samanheng mellom kriminalitet og geografi: Det er meir kriminalitet i byar. Skilnadene mellom byar og mindre stader har likevel blitt mindre over tid. Ulike økonomiske drivkrefter påverkar omfanget av kriminalitet, slik som arbeidsløyse og inflasjon.

Kriminaliteten i Noreg er i internasjonal samanheng låg, og det har vore ein trend mot mindre kriminalitet i Noreg dei siste tiåra. Det er derimot indikasjonar på eit trendbrot no, sidan både opplevd og meld kriminalitet har auka.

1.6.2 Tilstandsvurdering

Omfanget av kriminalitet

Kunnskap om mørketal, eller kriminalitet som ikkje blir meld til politiet, er viktig for å ha oversikt over det reelle omfanget av kriminalitet. Nasjonal tryggleiksundersøking kartlegg omfanget av lovbrot retta mot den vaksne befolkninga i løpet av eit år. Undersøkinga vart første gong gjennomført for 2020 og er gjenteken for 2022 og 2023. Det er 38 pst. av respondentane som svarer at dei vart utsette for minst eitt lovbrot eller éi lovbrotsliknande handling i 2023, noko som er langt høgare enn mengda kriminalitet som blir meld til politiet.

Figur 1.5 Del av befolkninga (16–84 år) som meiner å ha vore utsett for ulike lovbrotstypar i løpet av det siste året (2020, 2022 og 2023)

Figur 1.5 Del av befolkninga (16–84 år) som meiner å ha vore utsett for ulike lovbrotstypar i løpet av det siste året (2020, 2022 og 2023)

1 Spørsmåla om seksuell vald vart betydeleg endra frå 2020 til 2022, og tala for 2022 og 2023 er ikkje direkte samanliknbare med tala for 2020.

Kjelde: Nasjonal tryggleiksundersøking

Delen som oppgir at dei har vore utsette for lovbrot, auka frå 2022 til 2023. Hovudgrunnen til auken er at fleire er utsette for svindel og bedrageri, t.d. ved kjøp av varer eller tenester eller gjennom misbruk av kortopplysningar. Det er ein klar samanheng mellom storleiken på det økonomiske tapet og om lovbrotet vart meldt eller ikkje.

Yngre aldersgrupper oppgir i langt større grad å ha vore utsette for ei rekkje former for kriminalitet enn eldre aldersgrupper. Yngre personar er oftare utsette for seksuell vald enn eldre personar, og kvinner er langt oftare utsette for seksuell vald enn menn. I ein studie av omfanget av vald og overgrep i befolkninga, som er gjennomført av Nasjonalt kunnskapssenter om vald og traumatisk stress (NKVTS), rapporterte éi av fem kvinner at dei hadde opplevd valdtekt ved makt og tvang eller sovevaldtekt minst éin gong i løpet av livet.

Hatkriminalitet er lovbrot som er motiverte av negative haldningar til religion, etnisitet, seksualitet, kjønnsidentitet og kjønnsuttrykk eller funksjonsevne. Omtrent 2 pst. melder å ha blitt utsette for hatkriminalitet i 2023, som er på same nivå som i 2022, men noko lågare enn i 2020, då det var 4 pst.

Etter ein lang periode med reduksjon har talet på barn og unge som blir sikta for kriminalitet, auka sidan 2016. Auken er størst blant barn under 15 år, og endringa er mest tydeleg for valdskriminalitet. Nivået av registrert kriminalitet er framleis lågare enn på starten av 2000-talet, men politiet rapporterer om ein fortsetjande auke i 2024. Det er ei lita gruppe av unge som står for ein betydeleg del av den registrerte kriminaliteten.

Omfanget av økonomisk kriminalitet mot verksemder

Ein fellesnemnar for saker om økonomisk kriminalitet er at dei ofte manglar ytre kjenneteikn som klart viser at det er tale om lovbrot. Økonomisk kriminalitet rammar både private og offentlege interesser. Offeret for økonomisk kriminalitet er gjerne offentlege myndigheiter, ei heil næring eller ein marknad, og i verste fall samfunnet generelt.

I ei nasjonal undersøking av omfanget av økonomisk kriminalitet melde 12 pst. av verksemdene at dei hadde blitt utsette for ei eller fleire former for økonomisk kriminalitet, og 26 pst. svarte at dei hadde blitt utsette for forsøk på økonomisk kriminalitet. Større verksemder er meir utsette for økonomisk kriminalitet enn dei minste verksemdene. Av verksemdene med fem eller fleire tilsette melde 17 pst. at dei hadde blitt påførte eit økonomisk tap som følgje av ei eller fleire former for økonomisk kriminalitet, medan 11 pst. av verksemdene med færre enn fem tilsette svarte det same. Det heng truleg saman med at større verksemder er meir økonomisk attraktive som offer. Det er større verdiar i omløp, og dei gjennomfører langt fleire transaksjonar enn mindre verksemder. Verksemder innanfor finansierings- og forsikringsbransjen er klart mest utsette for økonomisk kriminalitet.

Figur 1.6 Delen verksemder utsette for økonomisk kriminalitet i løpet av det siste året, 2023

Figur 1.6 Delen verksemder utsette for økonomisk kriminalitet i løpet av det siste året, 2023

Kjelde: Nasjonal omfangsundersøkelse av økonomisk kriminalitet, Samfunnsøkonomisk analyse AS.

Bedrageri er det verksemdene i størst grad er utsette for, både blant større og mindre verksemder. Verksemder med frå null til fire tilsette melde at forsøk på fakturabedrageri er den mest brukte metoden. Verksemder med fem eller fleire tilsette svarte at forsøk på direktørbedrageri er det vanlegaste, etterfølgt av forsøk på fakturabedrageri.

Årets omfangsundersøking inkluderer ikkje spørsmål om kvitvasking, fordi det finst annan statistikk som kan fange opp det. I 2023 fekk Økokrim 23 704 MT-rapportar (rapportar om mistenkelege transaksjonar) frå rapporteringspliktige, ein auke frå 16 513 MT-rapportar i 2021. Dei fleste rapportane/meldingane kom frå bankar, etterfølgt av meklarar og verksemder for betalingsformidling.

Kriminelle nettverk, kriminelle gjengar og organisert kriminalitet

Trusselvurderinga til politiet (PTV) beskriv utvalde kriminalitetstruslar og gir ei framtidsretta vurdering av desse. Formålet er å bidra til ei felles situasjonsforståing av dei kriminalitetsutfordringane samfunnet står overfor, og gi eit godt grunnlag for samhandling med andre aktørar for å førebyggje og nedkjempe kriminalitet. Vurderingane skal også gi politiske myndigheiter og politiet avgjerdsstøtte til å gjere prioriteringar og setje inn effektive tiltak for heile oppgåveporteføljen til politiet.

Kriminelle nettverk er eit samleomgrep for miljø, gjengar, grupperingar eller individ som er knytte saman gjennom kriminalitet. Nettverka kan vere av både kortvarig og langvarig karakter og ha større eller mindre grad av struktur og organisering. Dei kriminelle nettverka involverer seg i ulike typar kriminalitet, i både den fysiske og den digitale sfæren. Grov narkotikakriminalitet merker seg ut, men nettverka er også involverte i valdskriminalitet, menneskehandel, arbeidslivskriminalitet, bedrageri, kvitvasking og smugling av lovlege og ulovlege varer.

Dei kriminelle nettverka opererer på tvers av landegrensene, og ifølgje Europol har trusselen frå organisert kriminalitet aldri vore høgare i Europa. Den organiserte kriminaliteten er av Europakommisjonen vurdert som ein av dei dei største truslane mot samfunnstryggleiken. Også i Noreg er trusselen frå organiserte kriminelle stor. Fleire profittmotiverte kriminelle nettverk opererer i Noreg, og mange av desse er ifølgje Kripos involverte i sal, distribusjon og innførsel av narkotika.

Vurderinga til politiet er at trusselen frå organiserte kriminelle nettverk er stor og aukande, bl.a. pga. auka profesjonalisering, grensekryssande samarbeid og stadig nye måtar å gjennomføre kriminalitet på. I samanheng med denne utviklinga er politiet særleg bekymra for eit auka konfliktnivå der trusselen frå svenske aktørar peikar seg ut.

Dei siste åra har Sverige i aukande grad opplevd alvorlege og dødelege valdshendingar som følgje av rivaliseringa mellom kriminelle nettverk innan narkotikakriminalitet. I 2023 har alle politidistrikta i Noreg registrert aktivitet knytt til svenske kriminelle aktørar. Aktiviteten handlar i all hovudsak om narkotikaverksemd og innpass på den norske narkotikamarknaden. Det har vore fleire tilfelle der svenske kriminelle aktørar har utøvd vald i Noreg, både på bestilling frå norske kriminelle og som ledd i eiga verksemd.

Kripos reknar med at aktiviteten frå svenske kriminelle aktørar i Noreg vil auke i det kommande året, primært innan narkotikaverksemd. Noreg står fram som ein attraktiv marknad pga. allereie etablerte relasjonar og moglegheiter for større profitt som følgje av høgare gatesalspris.

Politiet og riksadvokatembetet meiner at kriminelle nettverk og gjengar representerer ei stor utfordring, bl.a. gjennom rekruttering av unge personar til kriminelle miljø, ofte prega av valdelege interne konfliktar. Gjennom valdslovbrot eller truslar og andre lovbrot skaper slike miljø utryggleik i befolkninga og lokalsamfunnet.

1.6.3 Tiltak

Regjeringa fortset å prioritere politiet og kjempe mot alvorleg kriminalitet. Regjeringa foreslår å auke løyvinga til politiet med totalt 2 462 mill. kroner. Av dette blir 600 mill. kroner foreslått brukt til å styrke arbeidet mot kriminelle nettverk, kriminelle gjengar og organisert kriminalitet. Midlane skal sikre at politiet kan vere til stades i heile landet, førebyggje kriminalitet i prioriterte område og kjempe mot organisert kriminalitet.

Politiet treng òg auka kompetanse og kapasitet til å etterforske og straffeforfølgje økonomisk kriminalitet, og det er nødvendig å arbeide målretta mot kvitvaskingskriminalitet og korrupsjonskriminalitet i breitt. Regjeringa foreslår derfor 90 mill. kroner til å styrke arbeidet mot kvitvaskings- og korrupsjonskriminalitet. Slik kriminalitet heng også tett saman med annan alvorleg organisert kriminalitet.

For å kjempe mot kriminalitet, og sikre at midlane til arbeidet mot kriminelle nettverk kan nyttast fullt ut, må også grunnløyvinga til politiet aukast. Regjeringa foreslår derfor å auke grunnløyvinga til politiet med 1 772 mill. kroner. Dette inkluderer bl.a. midlar til bemanning. I tillegg er det nødvendig å prioritere digitaliseringa i politiet. Midlane skal derfor også bidra til å sikre sikker og stabil drift av IT-systema i politiet. I tillegg foreslås det 40 mill. kroner i auka løyving til påtalemakta i politiet.

Det foreslås òg at delar av grunnløyvinga til politiet brukast mot førebyggingstiltak mot vald og overgrep og vald i nære relasjonar. Det foreslås at 46 mill. kroner nyttast til å dekke utgiftene politiet og kriminalomsorga får til auka bruk av omvend valdsalarm (besøksforbod med elektronisk kontroll). Nokre barn har lang reiseveg til barnehus. Det er viktig at barn har trygge og gode tilbud nær seg. Regjeringa foreslår derfor 20 mill. kroner i 2025 til å styrke barnehusa og etablere underavdelingar av barnehus. Oslo politidistrikt har brukt ein metodikk kalla RISK for å førebyggje og oppklare vald i nære relasjonar. Det foreslås 20 mill. kroner til å fortsette utrullingen av metodikken til fleire politidistrikt.

Vi treng meir effektive verkemiddel for å førebyggje barne- og ungdomskriminalitet. I tillegg til forslaget omtalt ovanfor om å gi politiet ei løyving på 600 mill. kroner til å styrke arbeidet mot kriminelle nettverk, kriminelle gjengar og organisert kriminalitet, foreslår regjeringa totalt 405 mill. kroner til arbeidet med å førebyggje barne- og ungdomskriminalitet. Sjå nærmare omtale under kap. 400 Justis- og beredskapsdepartementet, kap. 410 Domstolene, kap. 430 Kriminalomsorgen, kap. 433 Konfliktrådet, kap. 440 Politiet og kap. 466 Særskilte straffesaksutgifter. Sjå òg omtale under Arbeids- og inkluderingsdepartementet, Barne- og familiedepartementet og Kunnskapsdepartementet.

1.7 Kontrollert og berekraftig innvandring

Målet inneber at innvandringa til Noreg blir regulert i samsvar med utviklinga i verda kring oss og samfunnsbehovet. Det blir lagt til rette for lovleg bevegelse over landegrensene. Noreg varetek rettstryggleiken til utlendingar og den enkelte sitt behov for vern, samstundes som tryggleiken i landet blir bevart.

1.7.1 Innleiing

Justis- og beredskapsdepartementet har det overordna ansvaret for å forme ut og samordne innvandringspolitikken, med eit særskilt ansvar for bl.a. vern (asyl), familieinnvandring, visum, bortvising, utvising og kontroll. Det sentrale juridiske rammeverket som regulerer innvandringa til Noreg, er utlendingslova, den europeiske menneskerettskonvensjonen, flyktningkonvensjonen og ei rekkje internasjonale forpliktingar i samband med EØS-avtalen, Schengen- og Dublin-samarbeidet og FN.

Dei operative oppgåvene som saksbehandling og kontroll blir utførte i Utlendingsdirektoratet (UDI), i Utlendingsnemnda (UNE), i Utlendingsforvaltningas fageining for landinformasjon (Landinfo), i Politidirektoratet (POD) og dei underliggjande einingane deira, i Politiets tryggingsteneste (PST) og på utanriksstasjonane.

Andre departement med særleg ansvar innan utlendingsforvaltninga er Arbeids- og inkluderingsdepartementet (arbeidsinnvandring, innvandring frå EØS-land, busetjing, statsborgarskap og samordning av integreringspolitikken), Barne- og familiedepartementet (omsorgssenter for einslege mindreårige asylsøkarar under 15 år) og Utanriksdepartementet (samarbeid med opphavsland og utanriksstasjonar som førstelinje for søknader om visum og opphald).

1.7.2 Tilstandsvurdering

Fordrivne i verda

Ifølgje tal frå FNs høgkommissær for flyktningar (UNHCR) var det 118 millionar tvangsfordrivne i verda ved utgangen av 2023. Dette er 9 pst. fleire enn ved utgangen av 2022 og det 7. året på rad det er ein auke i talet på menneske på flukt. Over halvparten av dei fordrivne er menneske på flukt i eige land. Dei fleste tvangsfordrivne i 2023 er frå Syria, Sudan og Ukraina. Hovudårsaka til auken i tvangsfordrivne frå 2022 til 2023 er konflikten i Sudan. Sidan 2022 er det i Europa ein relativt stabil utvikling i tal personar som oppheld seg med mellombels kollektivt vern. Tal personar som søkjer asyl i Europa frå andre land enn Ukraina har derimot auka. I 2023 var det over ein million som søkte asyl i Europa som ikkje var frå Ukraina, noko som er det høgaste nivået sidan 2015. Auken er i stor grad frå land i Europas nærområde som Tyrkia, Marokko og Egypt og frå søramerikanske land som Colombia, Venezuela og Peru.

Samstundes går det føre seg ei positiv utvikling i internasjonalt samarbeid om flyktningar, blant anna ved at EUs pakt for migrasjon og asyl («pakta») har blitt vedteke sommaren 2024, etter å ha vore under arbeid sidan flyktningkrisa i 2015. Pakta består av ti rettsakter for å forbetre og harmonisere samarbeid og prosedyrar på migrasjons- og asylfeltet i Europa. Noreg er heilt eller dels bunde av fem av rettsakta som følgje av Schengen- og Dublin- avtalane. Dei nye reglane skal takast i bruk innan to år etter dei er vedtekne, frå sommaren 2026. Noreg ventar samfunnsgevinstar av eit tettare europeisk samarbeid på feltet, blant anna for å betre grensekontrollen for å stanse irregulær migrasjon og hindre sekundærmigrasjon innan Europa.

Innvandringa til Noreg aukar som følgje av at det kjem mange fordrivne frå Ukraina

Figuren nedanfor viser utviklinga i talet på personar som har innvandra til Noreg dei siste åra (dvs. har blitt bustadsregistrerte og fått fødselsnummer), fordelte etter innvandringsgrunn. Innvandringa til Noreg har auka betrakteleg dei siste to åra som følgje av at det kjem fleire flyktningar, primært fordrivne frå Ukraina (sjå nærmare omtale under). Det var nesten 72 000 personar som blei registrert innvandra til Noreg i 20233. Den nest største gruppa innvandrarar etter flukt var personar som søker om familieinnvandring (20 pst.), og dernest arbeidsinnvandrarar (19 pst.).

Figur 1.7 Innvandring til Noreg etter innvandringsgrunn og år

Figur 1.7 Innvandring til Noreg etter innvandringsgrunn og år

Kjelde: SSB

Talet på familieinnvandrarar heng som regel saman med talet på flyktningar og arbeidsinnvandrarar. Dei største gruppene som har fått innvilga søknad om familieinnvandring til Noreg dei seinaste åra, er personar frå India og Syria, mens for innvilga søknad om arbeid er indarar den klart største gruppa, dernest personar frå Storbritannia.

Sidan 2018 og fram til krigen i Ukraina brot ut, utgjorde arbeidsinnvandrarar den største gruppa innvandrarar. Talet på arbeidsinnvandrarar vart redusert i 2022, men auka igjen i 2023. I revidert nasjonalbudsjett 2023 styrkte regjeringa saksbehandlinga for arbeidssaker mellombels, slik at ventetida for søkarar vart betydeleg redusert i 2023. Sjå meir om arbeidsinnvandringspolitikken til regjeringa i Prop. 1 S (2024–2025) for Arbeids- og inkluderingsdepartementet.

Nærmare om flukt

Det er tredje året på rad at det kjem rekordmange personar på flukt til Noreg, hovudsakeleg frå Ukraina. Dette krev mykje ressursar i utlendingsforvaltninga og i det offentlege tenestetilbodet elles.

Vidare samarbeider Noreg med UNHCR og andre organisasjonar om å overføre flyktningar til Noreg frå aktuelle vertsland, som det blir fastsett ein årleg kvote for. Storleiken på kvoten blir sett i samanheng med talet på asylsøkarar som kjem. Fordi det kjem så mange frå Ukraina, vart kvoten i 2024 redusert frå 2 000 til 1 000 plassar.

Figur 1.8 viser utviklinga i talet på innkomstar av søkarar om vern, og myndigheitsstyrt overføring av flyktningar/asylsøkarar/fordrivne til Noreg sidan 2015.

Figur 1.8 Talet på personar som søker om vern (ordinære asylsøkarar og personar som søker om kollektiv beskyttelse) og innkomstar av overføringsflyktningar m.m., 2015–juni 2024

Figur 1.8 Talet på personar som søker om vern (ordinære asylsøkarar og personar som søker om kollektiv beskyttelse) og innkomstar av overføringsflyktningar m.m., 2015–juni 2024

Kjelde: UDI

I ein massefluktsituasjon opnar utlendingslova for ei ordning med mellombels kollektivt vern. Regjeringa sette i verk denne ordninga for fordrivne frå Ukraina i mars 2022 og har opna for forlengingar, sjå nærmare omtale under programkategori 06.90.

Dei fleste ukrainarar som har flykta til Europa kom i 2022, men talet på fordrivne ukrainarar som har kome til Noreg, var på rundt 36 000 både i 2023 og i 2022. I løpet av 2023 kom det langt fleire ukrainarar til Noreg enn til dei andre nordiske landa, og om lag 33 400 personar fekk innvilga løyve om mellombels kollektivt vern i 2023. Regjeringa har frå slutten av 2023 innført fleire innstrammingstiltak for at Noreg ikkje skulle fortsetje å få vesentleg fleire på flukt frå Ukraina enn dei andre nordiske landa. Det er bl.a. innført nye vilkår i behandling av sakane om mellombels kollektivt vern. Samstundes har UDI vurdert at sikkerheitssituasjonen i nokre områder vest i Ukraina ikkje er så alvorleg at den aleine gir grunn til vern – dette får betydning for dei som får saka si vurdert etter det ordinære regelverket om vern. Regjeringa har nyleg innsnevra ordninga med midlertidig kollektivt vern på same måte, sjå nærmare omtale under programkategori 06.90. Som følgje av tiltaka venter regjeringa at det vil kome færre ukrainarar til Noreg.

Per 30. juni har Noreg teke imot om lag 8 600 søknader om vern frå ukrainarar i 2024, og ca. 9 800 personar har fått innvilga løyve om mellombels kollektivt vern. Hittil i 2024 har det komme færre ukrainarar enn i same periode dei siste to åra, og talet innkomstar har nærma seg dei andre nordiske landa. Dette kjem truleg dels av dei innstrammande tiltaka, men må og sjåast i samanheng med lågare tal på fordrivne frå Ukraina til Europa og strengare reglar for utreise frå Ukraina. Det er samstundes fleire ukrainarar som ikkje oppfyller vilkåra for mellombels kollektivt vern, og som må få saka si vurdert individuelt.

Handteringa av innkomstar frå Ukraina krev stor innsats frå alle delar av utlendingsforvaltninga. I planlegginga av statsbudsjettet for 2025 legg regjeringa til grunn innkomst av kring 16 000 fordrivne frå Ukraina til Noreg i 2025, og at dei aller fleste som har fått mellombels kollektivt vern i Noreg, vil bli verande i landet i 2025. Sjå òg omtale av handteringa av fordrivne frå Ukraina i Prop. 1 S (2024–2025) for Arbeids- og inkluderingsdepartementet. Regjeringa legg vidare til grunn innkomst av 6 000 ordinære asylsøkarar.

Det har vore ein auke i talet på asylsøkarar frå andre land òg. I 2023 vart det registrert 4 257 asylsøknader frå ikkje-ukrainske statsborgarar, som er det høgaste talet som er registrert etter 2015. Talet er likevel lågare enn det var i åra før 2015. Per 30. juni er det registrert 1 900 asylsøknader frå ikkje-ukrainske statsborgarar i 2024. Dei største ikkje-ukrainske søkargruppene i Noreg dei seinaste åra er personar frå Syria, Afghanistan, Eritrea og Tyrkia. I perioden 2018–2021 fekk rundt 77 pst. av dei som fekk saka si vurdert, vern. I 2023 fekk 80 pst. av dei ordinære asylsøkarane vern. Det tilsvarande talet for EU var rundt 53 pst. Dette tyder på at Noreg får relativt få grunnlause asylsøknader.

Samstundes som Noreg skal leggje til rette for å ta imot dei som har behov for vern, er det viktig å ta omsyn til berekraft og internasjonale behov òg. Noreg har ei ordning med å gi økonomisk støtte til personar som har opphald med fluktbakgrunn og som ønskjer å vende tilbake til heimlandet. Regjeringa styrkte ordninga i 2023 ved å leggje til rette for at ho også gjeld for personar med kollektivt vern. Talet på personar som har reist tilbake med tilbakevendingsstønad auka frå nokre få i 2019 til 475 i 2023 og 600 første halvår 2024.

Auke i saksinngangen og oppgåvemengda elles gjer at saksbehandlingstida er lang i mange saker

Utlendingsforvaltninga har over tid hatt ein auke i saksinngangen og oppgåvemengda elles, også på andre område enn flukt. Figuren nedanfor viser utviklinga i talet på søknader til utlendingsforvaltninga sidan 2017 (eksklusive visum).

Figur 1.9 Utvikling i innkomne saker til utlendingsforvaltninga om opphald (både førstegongssaker, fornyingar og saker om varig opphald) og flukt.

Figur 1.9 Utvikling i innkomne saker til utlendingsforvaltninga om opphald (både førstegongssaker, fornyingar og saker om varig opphald) og flukt.

Kjelde: utanrikstenesta, politiet og UDI

Det er særleg ein auke i saker knytte til statsborgarskap og Brexit som gjer at talet på opphaldssaker auka mykje i 2021 og 2022. I tillegg har utlendingsforvaltninga dei siste åra brukt mykje ressursar på å handtere pandemien, evakuering frå Afghanistan m.m. Den aldrande IT-systemportefølja krev stadig meir vedlikehald for å fungere, og er til hinder for effektiv behandling av saker. Verksemdene har dessutan fått store nye oppgåver med å implementere felleseuropeiske IT-system knytte til Schengen- og Dublin-avtalane. Implementering av reglane i migrasjonspakta krev og ressursar i utlendingsforvaltinga.

Auken i saker og oppgåvemengde samstundes med at handtering av innkvartering og saksbehandling for ukrainarar har vore ein nødvendig førsteprioritet, har gjort at talet på ubehandla saker har auka dei siste åra. Saksbehandlingstida er lengre enn det som er ønskjeleg for fleire sakstypar, og forvaltninga er i ein krevjande driftssituasjon.

Vidare er det stor uvisse knytt til ukrainarane sitt framtidige opphald i Noreg. Dei fleste ukrainarane får mellombels kollektivt vern for eitt år av gongen og skal i utgangspunktet vende tilbake til Ukraina når det blir mogleg. Sidan krigen held fram, er det sannsynleg at fleire etter kvart vil ønskje å bli verande i Noreg på lengre sikt. Gitt regelverket slik det er i dag, vil dei måtte søke om vern eller andre langvarige løyve. Eit stort tal saker som må behandlast individuelt, vil bli svært ressurskrevjande for utlendingsforvaltninga.

Kontrolloppgåver held fram med å vere viktige

Å kjenne identiteten til personar som oppheld seg i Europa og Noreg er viktig for at utlendingsmyndigheitene skal gjere riktige vedtak i utlendingssaker, og er ein føresetnad for å nå målet om kontrollert innvandring og for å ivareta rettstryggleiken til søkarane. Eit viktig grep er utviklinga av felleseuropeiske IT-system for styrkt grensekontroll, betre deling av informasjon og større tryggleik. Regjeringa har sidan 2022 løyvd prosjektmidlar til UDI og politiet til implementering av desse IT-systema. Oppdateringa av informasjonsdatabasen Schengen Information System (SIS) trådde i kraft i 2023, og skal bidra til å førebyggje irregulær migrasjon og hindre at personar som på ulike måtar kan utgjere ein trussel, reiser inn i Schengen. Med iverksetjinga av «Entry Exit System» (EES) hausten 2024 vil utlendingsforvaltninga i større grad kunne avdekke når personar ikkje har reist ut innan utløpet av opphaldet deira, og opprette saker om bort- og utvisning. Fleire av dei europeiske IT-systema skal etter planen tre i kraft i løpet av dei neste åra.

Dei som ikkje har gyldig opphaldsgrunnlag, skal returnere til heimlandet eller eit anna land der dei har lovleg opphaldsgrunnlag. Regjeringa er oppteken av å oppretthalde tilliten til asylordninga gjennom eit effektivt returarbeid, med nødvendig kapasitet i politiet til arbeidet med tvangsreturar og økonomiske insentivordningar for assisterte returar. Talet på returar har blitt gradvis redusert frå 2016, då det blei gjennomført eit stort tal returar etter flyktningkrisa i 2015, og det har komme færre ordinære asylsøkarar i åra etter (ikkje medrekna dei fordrivne frå Ukraina, der det hittil ikkje har vore aktuelt med returar). Returar til ei rekkje land vart mellombels stansa i 2020 og 2021 pga. covid-19-pandemien, men har teke seg noko opp i 2022 og 2023. Det har særleg vore ein auke i tvangsreturar knytte til Dublin-avtalen.

Figur 1.10 Talet på assisterte returar og tvangsreturar 2016–juni 2024

Figur 1.10 Talet på assisterte returar og tvangsreturar 2016–juni 2024

Tala for åra 2020–2022 er eksklusiv bortvisingar etter mellombels lov om innreiserestriksjonar for utlendingar av omsyn til folkehelsa.

Kjelder: Politiets utlendingseining (PU) og UDI

Ein stor del av dei utreisepliktige har opphalde seg i landet over lang tid, har familie med opphald i Noreg eller har særskilde behov som gjer returarbeidet vanskelegare. Fleire har òg uavklart identitet, og nokre land er meir krevjande å returnere personar til enn andre. Det er stor uvisse om korleis krigen i Ukraina og det høge talet på asylsøkarar vil påverke returarbeidet i åra framover.

1.7.3 Tiltak

Det er svært uvisst korleis situasjonen i Ukraina vil utvikle seg framover. Regjeringa vil med løyvingsforslaget sitt leggje til rette for å handtere innkomstane frå Ukraina, både dei som har komme til no, og dei som ut frå prognosen er venta å komme i 2025. Regjeringa foreslår å vidareføre ei mellombels løyving til administrativ kapasitet i UDI på 155 mill. kroner, for å bidra til å handtere auka oppgåvemengd som følgje av innkomstane. Politiet vil òg handtere innkomstar frå Ukraina innanfor foreslått løyving. I tillegg foreslår regjeringa å vidareføre ramma for overskridingsfullmakt til innkvartering av asylsøkarar på 3 mrd. kroner, jf. forslag til vedtak.

Krigen i Ukraina har medført at mange fordrivne har komme til Noreg, og det er press på tenestetilbodet i kommunane der personane blir busette. Derfor foreslår regjeringa å redusere kvoten for overføringsflyktningar m.m. frå 1 000 plassar i 2024 til 200 plassar i 2025. Plassane i kvoten kan nyttast til å ta imot overføringsflyktningar eller personar på flukt som kjem gjennom andre typar myndigheitsstyrt overføring. Regjeringa meiner at den årlege kvoten må sjåast i samanheng over år, i den forstand at det er rom for noko fleksibilitet frå eitt år til eit anna, t.d. ved uventa hendingar og særskilde praktiske utfordringar. Ubrukte plassar blir overførte frå eitt år til det neste, og om det blir nytta fleire plassar enn kvoten, skal kvoten for året etter reduserast tilsvarande.

Regjeringa held fram innsatsen for å betre forholda for menneske på flukt ved å vidareføre eit kapittel i utviklingsbudsjettet. Med denne innsatsen ønskjer regjeringa å utvikle samspelet mellom humanitær støtte, utviklingsbistand og fredsinnsats på flukt- og migrasjonsfeltet. Sjå omtale av solidaritetspotten i Prop. 1 S (2024–2025) for Utanriksdepartementet.

Regjeringa vil og fortsetje å støtte europeiske land som er utsette for eit særleg migrasjonspress, bl.a. ved å sende ut ekspertar i støtteoperasjonar gjennom asylbyrået EUAA og grense- og kystvaktbyrået Frontex. Vidare har Noreg bidratt gjennom EØS-midlane til å styrke asyl- og migrasjonsforvaltninga i land som Hellas, Romania og Bulgaria. Regjeringa vurderer no ei mogleg framtidig satsing på dette området. Sjå òg omtalen av EØS-midlane i Prop. 1 S (2024–2025) for Utanriksdepartementet.

Ei stor utfordring for utlendingsforvaltninga er at IT-systema er utdaterte, noko som gjer at dei både er til hinder for effektiv behandling av saker, det er aukande kostnader med å halde dei i drift, og det er og risiko for nedetid, informasjonssikkerheit og personvern. Regjeringa foreslår å auke løyvinga til UDI med 84,5 mill. kroner for å starte eit fleirårig investeringsprogram for å modernisere IT-løysingane. Regjeringa foreslår og ei kostnadsramme og investeringsfullmakt til prosjektet, jf. forslag til vedtak XI. Prosjektet vil etter kvart bidra til betre og meir effektiv saksavvikling som vil gi større gevinstar både for søkarar, for forvaltninga og for samfunnssikkerheita. I dagens ustabile globale situasjon, med økt migrasjonspress og grenseoverskridande kriminalitet er samfunnet avhengig av at utlendingsforvaltninga fangar opp og kontrollerer opplysningar om identitet tidleg.

1.8 Godt forvalta polarområde

Godt forvalta polarområde inneber at polarområda skal forvaltast slik at samordning og styring byggjer opp under dei overordna måla for Svalbard og andre polare strøk. Desse måla omhandlar bl.a. å bevare ro og stabilitet, å bevare natur og å halde oppe eksisterande norske samfunn i desse områda.

1.8.1 Innleiing

Justis- og beredskapsdepartementet er det overordna departementet for Sysselmeisteren på Svalbard. Sysselmeisteren på Svalbard er den øvste representanten for regjeringa på øygruppa og varetek dei statlege interessene der. Sysselmeisteren er politimeister og har same mynde som ein statsforvaltar.

Longyearbyen lokalstyre har som formål å utøve eit funksjonsdyktig lokalt folkestyre i Longyearbyen. Longyearbyen lokalstyre får tildelt løyving over svalbardbudsjettet. Oppgåvene til Longyearbyen lokalstyre er av same type som kommunane på fastlandet, men ansvarsområdet til Longyearbyen lokalstyre er snevrare, og dei yter færre velferdstenester.

På svalbardbudsjettet blir det løyvd midlar til fleire statlege aktørar, som er fagleg styrte av dei respektive fagdepartementa. I tillegg har ei rekkje andre statlege aktørar verksemd på Svalbard som blir finansiert utanfor svalbardbudsjettet.

Justis- og beredskapsdepartementet koordinerer drifta av og har budsjettansvaret for Samfunnet Jan Mayen. Samfunnet Jan Mayen blir drifta av Cyberforsvaret, som er ei avdeling i Forsvaret. I tillegg har fleire statlege verksemder ansvar for eller verksemd på Jan Mayen.

Justis- og beredskapsdepartementet har ansvaret for koordineringa av norsk politikk for Jan Mayen, Bouvetøya og dei norske bilanda Dronning Maud Land og Peter I øy i Antarktis.

1.8.2 Tilstandsvurdering og tiltak

Regjeringa la 31. mai 2024 fram ei melding til Stortinget om Svalbard, Meld. St. 26 (2023–2024). Heilskaplege meldingar til Stortinget om Svalbard (svalbardmeldingar) legg grunnlaget for ei stabil og føreseieleg forvaltning av og føringar for aktiviteten på Svalbard i tida framover.

Som med dei tidlegare svalbardmeldingane beskriv òg Meld. St. 26 (2023–2024) mål, utfordringar og moglege tiltak for Svalbard. Sidan førre melding frå 2016 har Longyearbyen endra seg endå meir frå eit samfunn basert på kolverksemd til eit meir moderne familiesamfunn med eit differensiert næringsliv. Samstundes har befolkninga auka, og befolkningssamansetjinga endra seg. Det er om lag 36 pst. utanlandske borgarar i Longyearbyen. Blant anna som følgje av befolkningsveksten er det press på infrastrukturen i Longyearbyen.

Svalbard er prega av auka aktivitet, ikkje minst i form av turisme med skip rundt øygruppa. Interessen for bruk av Svalbard i samband med forsking aukar, òg frå det internasjonale forskingssamfunnet. Klimaendringane er ein viktig del av utviklinga på og rundt Svalbard. Med eit varmare klima er kystområda på Svalbard lettare tilgjengelege for ulike typar fartøy. Veksten i næringslivsverksemd, særleg innanfor reiselivsnæringa, fører òg til press på naturmiljøet, infrastrukturen, redningsressursar og helseberedskapen.

Svalbard er ein viktig del av Noreg, og det har alltid vore knytt sterke nasjonale interesser til forvaltninga av Svalbard. Svalbardmeldinga reflekterer dette. I meldinga foreslår regjeringa ulike tiltak som vil styrke nasjonal kontroll og byggje opp under norske samfunn på øygruppa. Nasjonal kontroll bidrar bl.a. til å nå dei stortingsforankra måla for svalbardpolitikken. Regjeringa foreslår i Meld. St. 26 (2023–2024) bl.a. å gjennomgå ansvaret for kritisk infrastruktur, som t.d. energiforsyninga, i Longyearbyen.

Kostnadene til energiproduksjon i Longyearbyen har auka monnaleg som følgje av overgangen frå kol til diesel som energiberar. Det vart i samband med nysalderinga av 2023-budsjettet og revidert nasjonalbudsjett for 2024 gitt auka løyving til Longyearbyen lokalstyre for å bidra til reduserte energiprisar. Regjeringa foreslår å løyve 100 mill. kroner i 2025 til same formål.

I 2025 og framover vil regjeringa prioritere å følgje opp tiltak omtalte i meldinga til Stortinget om Svalbard.

Forsvarsbygg har starta arbeidet med å oppføre eit nytt hovudbygg på Jan Mayen saman med to nye garasjar og eit naust. Prosjektet skal gjennomførast i åra 2024–2028, til ein samla estimert kostnad på 1 641 mill. kroner. Prisnivået er oppgitt i 2024-kroner.

Norsk Polarinstitutt, underlagt Klima- og miljødepartementet, driv forsking i Antarktis. Instituttet har heilårsdrift på forskingsstasjonen Troll i Dronning Mauds land og driv tokt i Sørishavet. Stasjonen nærmar seg slutten av levetida si. Regjeringa har valgt konsept for det vidare arbeidet med oppgradering av stasjonen. Prosjektet er i forprosjektfasen. Regjeringa har avsett 47 mill. kroner til forprosjektet i 2025.

Regjeringa har starta arbeidet med å revidere bilandsregelverket.

1.9 Godt og tilgjengeleg lovverk

Eit godt og tilgjengeleg lovverk er eit lovverk som både varetek viktige prinsipp i ein rettsstat – som rettstryggleik og respekt for grunnleggjande rettar – og bidrar til å fremme måla bak dei enkelte delane av lovverket. Eit godt og tilgjengeleg lovverk skal gi uttrykk for rettar og plikter på ein klar måte og fremme føreseielege løysingar, og det skal vere enkelt å finne fram til dei relevante lovene. Det skal bidra til vekst og verdiskaping for befolkninga og næringslivet og til at offentlege organ effektivt kan utøve mynde og yte tenester på ein god og framtidsretta måte.

1.9.1 Innleiing

Gode og fornuftige lover og reglar påverkar åtferd og medverkar til å hindre og løyse konfliktar. Rettsreglane skal vareta viktige prinsipp i ein rettsstat, som rettstryggleik og respekt for grunnleggjande rettar. Dette er spesielt viktig når det gjeld reglar som opnar for inngrep overfor den enkelte, som straffelovgivinga, men slike grunnleggjande prinsipp må varetakast i andre regelverk òg.

Det er Stortinget som vedtek, endrar og opphevar lovene i Noreg, men regjeringa speler ei nøkkelrolle i lovprosessen. Det er som oftast regjeringa som fremmar lovforslag for Stortinget, og lovforslaga er då utarbeidde av det departementet som har ansvaret for det aktuelle området. Alle lovforslaga skal formast ut i tråd med utgreiingsinstruksen og med utgangspunkt i rettleiinga Lovteknikk og lovforberedelse frå Lovavdelinga i Justis- og beredskapsdepartementet. Dette er sentrale utgangspunkt for å sikre god kvalitet på lovene og at relevante omsyn og konsekvensar blir vurderte og varetekne.

Lovgivinga må vere av god kvalitet dersom ein skal oppnå dei formåla lovene er meinte å vareta. Meininga bak lovføresegnene bør komme tydeleg fram, og lovteksten bør vere tilgjengeleg for flest mogleg. Dette oppnår ein typisk ved å byggje opp lovene og dei enkelte paragrafane på ein logisk og oversiktleg måte, tilpasse dei godt til andre regelverk og bruke eit tydeleg og forståeleg språk. Lovverket bør formast ut teknologinøytralt der det er mogleg og naturleg.

Eit godt lovverk bør ikkje vere for omfattande, og det bør ikkje innehalde reglar som det ikkje lenger er behov for, eller for mange detaljreglar. Eit sentralt spørsmål er kva som skal regulerast i lov, og kva som heller bør følgje av forskrift. Tidlegare hadde mange lover vide og generelle forskriftsheimlar, og dette finn ein framleis i enkelte lover, men ei slik fullmaktslovgiving høyrer i mindre grad heime i eit godt og tilgjengeleg lovverk i dag.

1.9.2 Tilstandsvurdering og tiltak

Eit klart og forståeleg regelverk

Lovverket i Noreg er langt meir tilgjengeleg og forståeleg enn i mange andre land når det gjeld både språk og struktur. Lovtekstane er gjennomgåande relativt kortfatta, og detaljane finn ein i all hovudsak i forskriftene. Mange land har langt meir detaljerte og omfattande lover, noko som gjer det vanskelegare å finne fram til reglane og setje seg inn i dei. Enkelte land baserer seg dessutan i større grad på sedvanerett, noko som gjerne er vanskelegare tilgjengeleg enn skriftlege lover. Store delar av det norske lovverket har i seinare tid blitt bytt ut med nye lover, og ein har dermed fått eit meir moderne og oppdatert lovspråk. Alle lover og forskrifter er gratis tilgjengelege elektronisk på lovdata.no.

Det vil likevel alltid vere høve til forbetringar sjølv for eit slikt gjennomgåande godt lovverk som det norske må seiast å vere, og regjeringa vil arbeide for at regelverket skal bli endå betre og meir tilgjengeleg. Reglar som er retta mot næringslivet, skal t.d. formast ut enklast mogleg.

Eit klart og forståeleg regelverk er ein føresetnad for rettstryggleik for den enkelte. Klare og forståelege reglar er t.d. eit nødvendig grunnlag for å sikre at forvaltninga sine avgjerder og inngrep overfor den enkelte baserer seg på eit riktig rettsleg grunnlag, for at den enkelte kan føresjå kva tiltak forvaltninga kan setje i verk, og for ein effektiv kontroll frå domstolane. Menneskerettane stiller òg krav til klare reglar når reglane skal gi grunnlag for inngrep i rettane til den enkelte.

Det er avgjerande for å kunne sikre eit klart og forståeleg regelverk at ein har gode grunnlagsdokument som legg rammer for regelverksarbeidet til forvaltninga, som rettleiinga Lovteknikk og lovforberedelse. Denne rettleiinga er no under revisjon og vil etter kvart komme i ny utgåve.

God gjennomføring av internasjonale plikter

Lovverket blir stadig meir omfattande. Dette kjem i stor grad av gjennomføring av EØS-regelverk, og det gjeld både formelle lover og forskrifter. Ein viktig del av eit godt og tilgjengeleg lovverk er at internasjonale plikter er gjennomførte på ein klar og forståeleg måte. Det kan vere særleg utfordrande å sørge for at internasjonale plikter går klart og forståeleg fram, bl.a. fordi det er ulike tradisjonar for regelutforming i Noreg og utlandet. Når EØS-rettsakter skal gjennomførast, kan t.d. omsynet til å forme ut reglar på ein måte som er tilpassa norske forhold, og som harmonerer med norsk lovgiving elles, stå i motstrid til omsynet til nøyaktig og fullstendig gjennomføring og ein einsarta rettstilstand. Dersom vage eller fleirtydige reglar skal gjennomførast, må omsynet til korrekt gjennomføring vegast opp mot omsynet til klare reglar. Regjeringa vil arbeide for at lovverket balanserer desse omsyna på ein god måte. I tilfelle der regelverk må gjennomførast i norsk rett utan omarbeiding (inkorporasjon), slik som t.d. EØS-forordningar, kan ikkje reglane tilpassast på same måte. Det blir arbeidd med å finne løysingar for å gjere regelverket meir tilgjengeleg i slike tilfelle òg.

Justis- og beredskapsdepartementet arbeider generelt for å medverke til at internasjonale plikter blir gjennomførte på ein god måte, både på eigne ansvarsområde og gjennom hjelp med lovarbeid i andre departement. I tillegg er departementet med i internasjonale forum der sentralt regelverk blir forma ut, og søker såleis å medverke til utforminga av internasjonalt regelverk.

Forholdet til EØS-retten skal, der det er aktuelt, vurderast grundig i samband med førebuinga av nye lover og anna regelverk. Handlingsrommet i EØS-avtalen skal utnyttast. Forholdet til Grunnlova og menneskerettane skal òg vurderast grundig ved førebuing av nytt regelverk. Den eksisterande lovgivinga må dessutan kontinuerleg vurderast for å sikre at ho framleis er i samsvar med menneskerettskonvensjonane og EØS-retten, særleg i samband med at det kjem nye dommar frå Den europeiske menneskerettsdomstolen, EFTA-domstolen og EU-domstolen.

Eit framtidsretta lovverk

Eit godt lovverk må vere framtidsretta og i takt med utviklinga og nye behov. Regjeringa vil medverke til at lovverket blir utforma teknologinøytralt og legg til rette for digitalisering, innovasjon og bruk av ny teknologi, t.d. kunstig intelligens på område der det er aktuelt. Samstundes må ein vareta rettstryggleiken, personvernet og andre grunnleggjande rettar. Der utviklinga gir høve til å vareta dei aktuelle omsyna på ein mindre inngripande eller meir effektiv måte, bør eksisterande reglar endrast og gjerast enklare.

Justis- og beredskapsdepartementet har dei siste åra teke aktivt del i forhandlingar i Europarådet om ein konvensjon om kunstig intelligens. Denne konvensjonen er den første internasjonalt bindande konvensjonen om kunstig intelligens. Noreg var eit av landa som signerte konvensjonen då det vart opna for signering 5. september 2024. Departementet har òg leia ei interdepartemental arbeidsgruppe som har vurdert spørsmål rundt gjennomføringa av EU si KI-forordning i norsk rett.

Regjeringa vil leggje fram eit forslag til ny forvaltningslov i løpet av første del av 2025. Lova skal leggje til rette for god, tillitsskapande og effektiv saksbehandling i forvaltninga og verne omsynet til den einskilde og til samfunnet. Det blir lagt stor vekt på at lova skal vere brukarvennleg og utforma språkleg klart. Lova skal vere oppdatert og godt tilpassa oppgåvene og organiseringa i den moderne forvaltninga. Eit døme er regulering av digital teknologi og automatisert saksbehandling, noko som har stått sentralt i lovarbeidet.

Eit anna døme på eit nyare lovarbeid frå departementet som medverka til å tilpasse lovverket til ein ny digital kvardag, er den nye finansavtalelova, som tok til å gjelde 1. januar 2023. Lova legg i langt større grad enn den tidlegare finansavtalelova til rette for digitale løysingar slik at tenesteytaren kan kommunisere digitalt med kundane, og for elektronisk signering og elektronisk tinglysing. Lova vernar òg i større grad enn før kundar mot ansvar ved misbruk av elektronisk signatur. Stortinget vedtok i juni 2024 endringar i finansavtalelova som styrker forbrukarane sin rett til å betale med kontantar. Endringane gjeld frå 1. oktober 2024. Kontantar er viktige av omsyn til beredskapen, samstundes som det gir ein tryggleik for mange som finn det krevjande å nytte digitale betalingsløysingar.

1. januar 2023 tok også ei ny lov om levering av digitale ytingar til forbrukarar til å gjelde. Lova gjeld avtalar om levering av digitale ytingar i forbrukarforhold og regulerer ein praktisk viktig og svært utbreidd kontraktstype. Som døme kan nemnast applikasjonar som blir lasta ned til mobiltelefonar og nettbrett, og strøymetenester for avspeling av musikk, filmar og TV-seriar.

Ytterlegare eit døme på tilpassing av lovverket grunna teknologiske moglegheiter er reglane om at påtalemakta skal kunne påleggje elektronisk kontroll, såkalla omvend valdsalarm, ved besøksforbod. Reglar om dette vart vedtekne av Stortinget i desember 2023 og tok til å gjelde i april 2024.

Eit framtidsretta lovverk må ha eit innhald som er tilpassa endringar i samfunnet. Lovverket er eit verkemiddel for å oppnå og reflektere ønskte samfunnsendringar, og det blir og har blitt arbeidd med ei rekkje lovsaker som illustrerer dette. Dette gjeld t.d. arbeidet med endringar i reglane om seksuallovbrot. Straffelovrådet har gått gjennom reglane i straffelova om seksuelle krenkingar samla, bl.a. straffebodet om valdtekt, og rådet leverte 19. desember 2022 utgreiinga NOU 2022: 21. Departementet arbeider med oppfølginga av utgreiinga.

Truslane mot nasjonal tryggleik har endra seg og blitt meir alvorlege dei seinare åra. Eit forslag om å styrke det strafferettslege vernet mot skadeleg påverknadsverksemd frå framand etterretning i Noreg vart lagt fram i Prop. 42 L (2023–2024). Forslaget gjer det straffbart å bidra på vegner av eller etter avtale med ein framand etterretningsaktør i verksemd som har til formål å påverke avgjerder eller den allmenne meiningsdanninga, når verksemda kan skade betydelege samfunnsinteresser.

Det er viktig at lover blir forma ut slik at dei også kan nyttast i unormale tider og møte nye former for kriser. Men både koronapandemien og situasjonen med mange fordrivne frå Ukraina har vist at det også kan vere behov for å utarbeide nye lover og forskrifter og å tilpasse eksisterande regelverk til den aktuelle situasjonen. Eit forslag om lovregulering av sivil arbeidskraftberedskap var på høyring frå januar til april 2024 og blir no følgd opp av departementet. Forslaget stiller opp klarare rammer for regulering av det sivile arbeidslivet under krig eller tryggleikspolitiske kriser. Dette legg til rette for betre beredskapsplanlegging og øvingar, og det gjer situasjonen meir føreseieleg for befolkninga.

Regelverk må utviklast i tråd med at kriminaliteten endrar seg. Regjeringa ønsker meir effektive verkemiddel mot gjengkriminalitet og foreslår mellom anna å auke løyvinga på kap. 400, post 01 med 10 mill. kroner for å forsterke arbeidet med regelverksutvikling for å motverke særleg den mest samfunnsskadelege, organiserte og profittmotiverte gjengkriminaliteten.

1.10 Oppfølging av oppmodingsvedtak

Nedanfor gir departementet ei oversikt over oppfølginga av oppmodingsvedtak under Justis- og beredskapsdepartementet. Oversikta inkluderer alle vedtak frå stortingssesjonen 2023–2024, i tillegg til dei vedtaka frå tidlegare stortingssesjonar som kontroll- og konstitusjonskomiteen i Innst. 239 S (2023–2024) meinte ikkje var følgde opp. I enkelte tilfelle kan oppfølginga av vedtaka vere meir omfattande forklart under det aktuelle programområdet i proposisjonen. I desse tilfella vil det vere ein referanse til kvar denne teksten finst.

I den fjerde kolonna i tabellen nedanfor går det fram om departementet planlegg at rapporteringa på oppmodingsvedtaket no blir avslutta, eller om departementet vil rapportere konkret på vedtaket også i budsjettproposisjonen til neste år.

Sjølv om det i tabellen blir opplyst om at rapporteringa blir avslutta, vil det i ein del tilfelle kunne vere slik at oppfølginga av alle sider av vedtaket ikkje er endeleg avslutta. Dette kan t.d. gjelde vedtak med oppmoding til regjeringa om å vareta særlege omsyn i politikkutforminga på eit område, der oppfølginga vil kunne gå over mange år. Stortinget vil i desse tilfella bli orientert om den vidare oppfølginga på ordinær måte, gjennom omtale av det relevante politikkområdet i budsjettproposisjonar og andre dokument.

Tabell 1.2 Oversikt over oppmodingsvedtak, ordna etter sesjon og nummer

Sesjon

Vedtak nr.

Stikkord

Rapporteringa blir avslutta (ja/nei)

2023–2024

70

Fritt rettsråd ved utvising av utlending

Nei

2023–2024

71

Alternativ til utvising av utlending med barn

Nei

2023–2024

83

Advokatordning for innsette i fengsel

Nei

2023–2024

109

Forbod mot marknadsføring av kreditt

Nei

2023–2024

136

Omvend valdsalarm skal vurderast før hemmeleg adresse for barn

Nei

2023–2024

137

Omsynet til barnet skal følgje direkte av lova ved elektronisk kontroll av besøksforbod

Nei

2023–2024

138

Sikre støtte til forsking på alle former for ekstremisme

Ja

2023–2024

140

Betre reintegrering av ekstremistar

Nei

2023–2024

141

Oppfølging etter straffesoning

Nei

2023–2024

143

Erfaringar frå ordninga med radikaliseringskontaktar i politiet

Ja

2023–2024

157

Vurdere om domstolen bør ha ei meir aktiv rolle i straffegjennomføringa for barn og unge

Ja

2023–2024

158

Rett til offentleg oppnemnd forsvarar i ungdomsplanmøte

Ja

2023–2024

159

Etablering av hurtigspor

Ja

2023–2024

160

Juridisk gjennomgang av relevant lovverk

Nei

2023–2024

161

Fremme forslag om nye lovendringar – ungdomsstraff og ungdomsoppfølging

Ja

2023–2024

457

Styrke den kommunale beredskapen for ekstremvêr og følgjehendingar

Nei

2023–2024

507

Habilitet

Nei

2023–2024

508

Habilitet

Nei

2023–2024

509

Habilitet

Nei

2023–2024

510

Habilitet

Nei

2023–2024

511

Habilitet

Nei

2023–2024

525

Transnasjonal undertrykking – oppfølging av rapportar

Ja

2023–2024

561

Forsyningstryggleik – oppfølging av Totalberedskapskommisjonen

Nei

2023–2024

562

Forsyningstryggleik – sikre mest mogleg normal handel og produksjon av mat i kriser

Nei

2023–2024

613

Utgreiing av forslag til lovfesting av kommunale handlingsplanar

Nei

2023–2024

616

Utvide målgruppa for barnehusa

Nei

2023–2024

617

Forslag om å utvide målgruppa for barnehusa til barn mellom 16 og 18 år

Nei

2023–2024

618

Gjennomgang av reglane for dødsstadsundersøkingar

Nei

2023–2024

634

Endringar i politilova og vaktverksemdlova

Nei

2023–2024

645

Oppfølgingsforsking etter angrepet 25. juni

Ja

2023–2024

658

Tiltak mot æreskriminalitet, lik rett til skilsmisse

Nei

2023–2024

719

Organisering av advokatverksemd

Nei

2023–2024

723

Evaluering av valdserstatningslova

Nei

2023–2024

727

Fri rettshjelp til offer for lønnstjuveri

Nei

2023–2024

754

Opprette nytt politirolleutval

Nei

2023–2024

755

Fleirårige planar for politiet

Nei

2023–2024

758

Eigarskapskontroll – greie ut plikt til å søke løyve til kjøp av visse eigedommar

Nei

2023–2024

762

Nasjonal tryggleiksstrategi

Nei

2023–2024

766

Forelding av krav som er under klagebehandling

Nei

2023–2024

767

Bevisførsel om opplysning underlagd teieplikt hos Sivilombodet

Nei

2023–2024

771

Utanlandske kvinner utsette for vald, vidare opphald

Nei

2023–2024

916

Lov om forbrukarleige av ting

Nei

2022–2023

131

Oppretting av permanent partnardrapskommisjon

Ja

2022–2023

132

Nasjonalt førebyggingsprogram mot partnarvald og partnardrap

Nei

2022–2023

133

Kommunale handlingsplanar mot vald i nære relasjonar

Nei

2022–2023

134

Oppdatert kunnskapsgrunnlag om vald i nære relasjonar

Ja

2022–2023

135

Bruk av åleinesamtalar i hjelpeapparatet

Ja

2022–2023

136

Betre dokumentering og informasjonsutveksling i hjelpeapparatet

Nei

2022–2023

139

Elektronisk kontroll ved fotlenke med GPS-sendar for forvaringsdømde

Nei

2022–2023

445

Greie ut forliksrådsordninga

Nei

2022–2023

615

Endringar i reglane om avhøyr av vitne som bur på sperra adresse

Ja

2022–2023

616

Endringar i tvistelova – innstilling av saker i forliksrådet som følgje av lang behandlingstid

Nei

2022–2023

617

Endringar i reglane om gjenopning av sivile saker som er dømde som del av ein straffesak

Ja

2022–2023

618

Sakskostnader i sivile saker

Nei

2022–2023

644

Enklare og meir forbrukarvennleg regelverk for gåvekort

Nei

2022–2023

653

Stortingsmelding om kriminalomsorga

Nei

2022–2023

729

A-krimsenter

Nei

2022–2023

843

Yrkesskadeerstatningsordning for tilsette i kriminalomsorga

Ja

2021–2022

35.49

Ny rettshjelpsordning

Nei

2021–2022

372

Utgreiing av fråvikelege lovreglar om sambuarskap

Nei

2021–2022

420

Straffeføresegn om seksuell utnytting av barn

Nei

2021–2022

504

Organisering av advokatverksemd

Nei

2021–2022

505

Overgangsreglar i advokatlova

Ja

2021–2022

506

Organisering av advokatverksemd

Nei

2021–2022

579

Vurdering av naturskadeforsikringsordninga

Nei

2021–2022

581

Utgreiing av meldeplikt for norske tenesteleverandørar

Nei

2021–2022

582

Regelverk om varsling frå kriminalomsorga

Nei

2021–2022

589

Forseinkingsrente på regresskravet frå staten mot skadevaldar i valdserstatningssaker

Ja

2021–2022

654

Tryggleik for personar med funksjonshindring

Nei

2021–2022

795

Forbod mot sal av forfalne fordringar

Nei

2021–2022

831

Offentleg helsetilbod ved Politiets utlendingsinternat

Ja

2020–2021

47

Utviding av avverjingsplikta

Nei

2020–2021

50

Forelding av lovbrot mot mindreårige

Nei

2020–2021

64

Tilgjengelege dopingopplysningar

Nei

2020–2021

65

Straff for den som tener pengar på idrettsprestasjonar som følgje av doping

Nei

2020–2021

206

Klarare skilje mellom konvensjonsstatus (asyl) og subsidiært vern

Nei

2020–2021

208

Klarlegging av identitet

Nei

2020–2021

443

Høgare straff for barn som er involverte i gjenteken kriminalitet

Nei

2020–2021

446

Tiltak for å auke talet på inndragingar

Nei

2020–2021

627

Fornyingsordning for barneomsorgsattest

Nei

2020–2021

628

Gjennomgang av barneomsorgsattestordninga

Nei

2020–2021

681

Oppretting av eit nasjonalt våpenregister

Nei

2020–2021

682

Identitetsskjerming for polititilsette

Nei

2020–2021

712

Straff for å tvinge barn til utlandet

Nei

2020–2021

729

Nasjonal langtidsplan for beredskap

Nei

2020–2021

730

Totalberedskapsutval

Nei

2020–2021

739

Nordisk samarbeid innan samfunnstryggleik

Nei

2020–2021

742

Brann til sjøs

Nei

2020–2021

743

Tilfluktsrom

Nei

2020–2021

799

ADR-kontroll

Nei

2020–2021

814

Nasjonal eigarskap og kontroll

Nei

2020–2021

848

Heilskapleg gjennomgang av verjemålsordninga

Nei

2020–2021

983

Etablering av ny redningshelikopterbase i Tromsø og felles operasjon med helikoptertenesta til Sysselmeisteren

Nei

2020–2021

1116

Sperring av opplysningar i reaksjonsregisteret

Nei

2020–2021

1117

Gjennomgang av praksis for tilbakekall av førarrett

Ja

2020–2021

1159

Unntak frå forelding for seksuallovbrot mot barn

Nei

2020–2021

1161

Internasjonale kriminelle organisasjonar

Nei

2020–2021

1162

Tilgang på straffeprosessuelle tvangsmiddel

Nei

2020–2021

1343

Kompensasjonsordning for tapt arbeidsforteneste for frivillige i redningstenesta

Nei

2019–2020

436

Elektroniske fraktbrev

Nei

2019–2020

515

Reklamasjonsfrist på bustader

Nei

2017–2018

788

Utanlandsopphald

Nei

2017–2018

795

Eige lovverk for Statens barnehus

Nei

2016–2017

523

Korrupsjonsføresegnene i straffelova

Nei

1.10.1 Stortingssesjon 2023–2024

Fritt rettsråd ved utvising av utlending

Vedtak nr. 70, 4. desember 2023

«Stortinget ber regjeringen innen 1. juli 2024 fremme et forslag om innføring av fritt rettsråd for flyktninger med barn i Norge, som er foreslått utvist på grunn av brudd på straffeloven.»

Dokumentet som ligg til grunn for vedtaket, er Innst. 2 S (2023–2024) frå finanskomiteen.

Vedtaket er under behandling. Regjeringa fremma 14. juni 2024 Prop. 112 L (2023–2024) Endringer i utlendingsloven mv. (utvidet hjemmel for forskrifter om fritt rettsråd). Vidare sende Justis- og beredskapsdepartementet ut ei høyring om endringar i reglane om fritt rettsråd i utlendingsforskrifta 25. juni 2024. Høyringsfristen var 27. september 2024.

Alternativ til utvising av utlending med barn

Vedtak nr. 71, 4. desember 2023

«Stortinget ber regjeringen i løpet av 2024 følgje opp Baumann-rapportens forslag, som en samlet arbeidsgruppe stod bak, om at det for enkelte typer utvisningssaker som omfatter utlendinger med barn i Norge som hovedregel skal ilegges krav til tilleggstid for permanent oppholdstillatelse, istedenfor utvisning.»

Dokumentet som ligg til grunn for vedtaket, er Innst. 2 S (2023–2024) frå finanskomiteen.

Vedtaket er under behandling. Justis- og beredskapsdepartementet ga 8. mai 2024 ein instruks til Utlendingsdirektoratet, GI-03/2024 Om utvisning av forelder med barn i Norge for brudd på utlendingsloven, når familielivet ikke kan videreføres i forelderens hjemland, og om betydningen av integrering, og ein instruks til Utlendingsdirektoratet og Utlendingsnemnda, GI-04/2024 Utsatt iverksetting av utvisningsvedtak i saker om brudd på utlendingsloven som omhandlet i GI-03/2024. Vidare sende departementet 28. mai i år ut på høyring eit forslag til endringar i utlendingsforskrifta om utvising av forelder med mindreårig barn i Noreg. Høyringsfristen var 1. september 2024.

Advokatordning for innsette i fengsel

Vedtak nr. 83, 21. desember 2023

«Stortinget ber regjeringen opprette en advokatordning for innsatte i norske fengsler innen 1.1.2025, og komme tilbake til hvordan en slik ordning kan innrettes i løpet av 2024.»

Dokumentet som ligg til grunn for vedtaket, er Innst. 2 S (2023–2024) frå finanskomiteen.

Vedtaket er under behandling. Departementet gav Kriminalomsorgsdirektoratet eit oppdrag i februar 2024 om å greie ut korleis det vil vere formålstenleg å innrette ei advokatordning for innsette i norske fengsel. Utgreiinga vart levert i mai 2024 og er under behandling.

Forbod mot marknadsføring av kreditt

Vedtak nr. 109, 7. desember 2023

«Stortinget ber regjeringen fremme forslag om å innføre forbud mot markedsføring av kreditt (usikret lån) og forbrukslån.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:5 S (2023–2024) og Innst. 81 S (2023–2024) frå justiskomiteen.

Vedtaket er under behandling. EU har vedteke nytt direktiv om forbrukarkredittavtalar (EU) 2023/2225, som mellom anna inneheld reglar om marknadsføring av kredittavtalar.

Omvend valdsalarm skal vurderast før hemmeleg adresse for barn

Vedtak nr. 136, 12. desember 2023

«Stortinget ber regjeringen utrede bruk av omvendt voldsalarm før beslutning om at barn må flytte og bo på hemmelig adresse/kode 6.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 128 L (2022–2023) og Innst. 89 L (2023–2024) frå justiskomiteen.

Vedtaket er under behandling.

Omsynet til barnet skal følgje direkte av lova ved elektronisk kontroll av besøksforbod

Vedtak nr. 137, 12. desember 2023

«Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget med et forslag om at det skal fremgå direkte av loven at hensynet til barn skal ha særlig vekt i vurderingen av om elektronisk kontroll ved besøksforbud er nødvendig og forholdsmessig.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 128 L (2022–2023) og Innst. 89 L (2023–2024) frå justiskomiteen.

Vedtaket er under behandling.

Sikre støtte til forsking på alle former for ekstremisme

Vedtak nr. 138, 12. desember 2023

«Stortinget ber regjeringen sikre at det gis støtte til forskning på alle former for ekstremisme for å kunne forebygge på en bedre måte.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:246 S (2022–2023) og Innst. 93 S (2023–2024).

Vedtaket er følgt opp. Justis- og beredskapsdepartementet har ansvaret for den nasjonale koordineringa av forsking på ekstremisme, men kvar enkelt sektor har ansvar for at det blir gjennomført relevant forsking på deira område. I den reviderte nasjonale kontraterrorstrategien (2022) er kunnskap og kompetanse peika ut som eitt av fem innsatsområde. Eitt tiltak er at bestilling av ny forsking på kontraterrorfeltet skal understøtte det eksisterande behovet for oppdatert kunnskap om forhold ved utfordrings- og trusselbiletet og om effektive førebyggjande tiltak.

Framtidige kunnskapsbehov på feltet og eventuelle endringar i ordningar for finansiering blir jamleg diskutert i det tverrsektorielle samarbeidet om førebygging av radikalisering og valdeleg ekstremisme.

Betre reintegrering av ekstremistar

Vedtak nr. 140, 12. desember 2023

«Stortinget ber regjeringen sikre bedre reintegrering av ekstreme gjennom forbedrede exit-program, blant annet gjennom å oppdatere veilederen for exit-arbeid.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:246 S (2022–2023) og Innst. 93 S (2023–2024).

Vedtaket er under behandling. I Noreg har vi ikkje eit eige nasjonalt exit-program for enkeltpersonar som søker bistand for å trekkje seg ut av ekstreme miljø. Dette arbeidet blir handtert i dei etablerte strukturane som har ansvar for og kompetanse til å førebyggje radikalisering og ekstremisme. Exit-arbeidet blir skreddarsydd til den enkelte som ønskjer seg ut av eit ekstremistisk miljø eller tankesett, og blir gjennomført på tvers av etatar og fagmiljø. Den eksisterande rettleiaren for dette arbeidet skal oppdaterast i samband med arbeidet med den kommande stortingsmeldinga om førebygging av ekstremisme.

Oppfølging etter straffesoning

Vedtak nr. 141, 12. desember 2023

«Stortinget ber regjeringen følge opp evalueringsrapporten om reintegreringstiltak etter endt straffesoning.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:246 S (2022–2023) og Innst. 93 S (2023–2024).

Vedtaket er under behandling. Justis- og beredskapsdepartementet legg til grunn at evalueringsrapporten som regjeringa blir beden om å følgje opp, er rapporten Evaluering av forebyggingstiltak mot radikalisering under straffegjennomføringen, som vart utarbeidd av Rambøll på oppdrag frå kriminalomsorga og offentleggjort i april 2023.

Erfaringar frå ordninga med radikaliseringskontaktar i politiet

Vedtak nr. 143, 12. desember 2023

«Stortinget ber regjeringen innhente erfaringer fra ordningen med radikaliseringskontakter i politiet og sikre god erfaringsutveksling.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:246 S (2022–2023) og Innst. 93 S (2023–2024).

Vedtaket er følgt opp. Politidirektoratet fekk i oppdrag å lyse ut og følgje opp ei evaluering av ordninga med radikaliseringskontaktar i politiet. Formålet var å identifisere effektar av ordninga og å vurdere behov for endringar. Evalueringa vart gjennomført av Politihøgskolen. Rapporten vart offentleggjord i oktober 2023 og blir følgd opp i regi av Politidirektoratet. Evaluering og vidareutvikling av radikaliseringskontaktordninga er og ein del av politiet si oppfølging av 25. juni-utvalets rapport.

Vurdere om domstolen bør ha ei meir aktiv rolle i straffegjennomføringa for barn og unge

Vedtak nr. 157, 12. desember 2023

«Stortinget ber regjeringen vurdere om domstolen bør ha en mer aktiv rolle i straffegjennomføringen både med hensyn til fastsetting av vilkår i straffen og for å kunne følge opp gjennomføringen av denne, etter mønster fra narkotikaprogram med domstolskontroll.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 139 L (2022–2023), Innst. 86 L (2023–2024) frå justiskomiteen og Lovvedtak 23 (2023–2024).

Vedtaket er følgt opp. Lov 20. desember 2023 nr. 110 inneheld ei rekkje endringar som skal gi domstolane fleire handlingsalternativ og større rom for individuelle vurderingar, og endringar som skal leggje til rette for betre samarbeid på tvers av sektorar. I juni 2024 fremma regjeringa Prop. 114 (2023–2024) om ytterlegare endringar i dei strafferettslege reaksjonane for ungdom: ungdomsstraff og ungdomsoppfølging. Justis- og beredskapsdepartementet vurderer det ikkje som formålstenleg å gi domstolane ei meir aktiv rolle i straffegjennomføringa utover dei vedtekne endringane og forslaga til nye endringar.

Rett til offentleg oppnemnd forsvarar i ungdomsplanmøte

Vedtak nr. 158, 12. desember 2023

«Stortinget ber regjeringen vurdere endringer i angjeldende lovverk vedrørende rett til oppnevnt forsvarer i ungdomsplanmøte både ved ungdomsoppfølging og ved ungdomsstraff.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 139 L (2022–2023), Innst. 86 L (2023–2024) frå justiskomiteen og Lovvedtak 23 (2023–2024).

Vedtaket er følgt opp. Ved lov 20. desember 2023 nr. 110 er retten til offentleg oppnemnd forsvarar utvida til å gjelde alle saker der ungdom blir idømde ungdomsstraff. Vidare blir det innført ein rett til fritt rettsråd utan behovsprøving i ein klageprosess, både ved ungdomsstraff og ungdomsoppfølging. I Prop. 114 (2023–2024), som vart fremma i juni 2024, er det foreslått ei ytterlegare utviding av retten til offentleg oppnemnd forsvarar til også å gjelde under ungdomsplanmøtet ved ungdomsoppfølging.

Etablering av hurtigspor

Vedtak nr. 159, 12. desember 2023

«Stortinget ber regjeringen fremme de nødvendige lovendringsforslag for å sikre etableringen av et hurtigspor for rask pådømmelse av lovbrudd begått av gjerningspersoner som var under 18 år på handlingstidspunktet.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 139 L (2022–2023), Innst. 86 L (2023–2024) frå justiskomiteen og Lovvedtak 23 (2023–2024).

Vedtaket er følgt opp. I Prop. 114 (2023–2024), som vart fremma i juni 2024, er det bl.a. foreslått å leggje til rette for at det lokalt kan etablerast hurtigspor for rask dømming av lovbrot som gjerningspersonar under 18 år har gjort seg skuldige i.

Juridisk gjennomgang av relevant lovverk

Vedtak nr. 160, 12. desember 2023

«Stortinget ber regjeringen foreta en juridisk gjennomgang av relevant lovverk knyttet til taushetsplikt og informasjonsplikt for alle relevante instanser som jobber med barn og unge som har høy risiko for å begå alvorlige lovbrudd, med spesielt henblikk på mulighetsrommet for informasjonsflyt.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 139 L (2022–2023), Innst. 86 L (2023–2024) frå justiskomiteen og Lovvedtak 23 (2023–2024).

Vedtaket er under behandling, og vil sjåast i samanheng med arbeidet med regelverksutvikling for å motverke gjengkriminalitet.

Fremme forslag om nye lovendringar – ungdomsstraff og ungdomsoppfølging

Vedtak nr. 161, 12. desember 2023

«Stortinget ber regjeringen utrede forslag som ivaretar intensjonen i lovendringene som er skissert i brev fra justiskomiteen av 28. november 2023 til Justis- og beredskapsdepartementet, og fremme lovendringsforslag i løpet av våren 2024.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 139 L (2022–2023), Innst. 86 L (2023–2024) frå justiskomiteen og Lovvedtak 23 (2023–2024).

Vedtaket er følgt opp. Regjeringa fremma i juni 2024 Prop. 114 (2023–2024). Forslaga i proposisjonen gjeld dei strafferettslege reaksjonane for ungdom, ungdomsstraff og ungdomsoppfølging, og følgjer direkte opp Stortingets vedtak nr. 158, 159 og 161 av 12. desember 2023.

Styrke den kommunale beredskapen for ekstremvêr og følgjehendingar

Vedtak nr. 457, 16. januar 2024

«Stortinget ber regjeringen vurdere tiltak for å styrke den kommunale beredskapen for ekstremvær og følgehendelser, herunder støtte oppunder økt øvingsfrekvens, og komme tilbake til Stortinget på egnet måte.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 26 (2022–2023) Klima i endring – sammen for et klimarobust samfunn og Innst. 161 S (2023–2024).

Vedtaket er under behandling. Konkrete tiltak for å styrke den kommunale beredskapen er beskrive i Meld. St. 27 (2023–2024) Tryggare framtid – førebudd på flaum og skred. Oppfølgingstiltaka som vurderast er mellom anna å styrke krava til kunnskapsgrunnlaget som skal leggjast til grunn ved utarbeiding av heilskapleg ROS og å bedra oppfølginga av funn i heilskapleg ROS. Et anna tiltak er å klargjere og styrke samanhengen mellom arbeidet med samfunnstryggleik etter sivilbeskyttelsesloven (heilskapleg ROS) og etter plan- og bygningsloven. Regjeringa foreslår òg å styrke statsforvalterne med 34 mill. kroner, mellom anna for å intensivere deira arbeid med å understøtte kommunanes beredskapsarbeid. Dette vil departementet konkretisere i samband med utarbeidinga av tildelingsbrev for 2025 til både Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap og statsforvaltaren.

Habilitet

Vedtak nr. 507, 5. mars 2024.

«Stortinget ber regjeringen gjennomføre en tverrgående analyse av hvordan departementene driver opplæring i habilitetsregelverket, hvordan det praktiseres, og hvordan embetsverket bistår politisk ledelse. Basert på dette ber Stortinget regjeringen om å vurdere å utforme en felles mønsterpraksis som legges til grunn som et minimum i alle departementene.»

Dokumentet som ligg til grunn for vedtaket, er Innst. 215 S (2023–2024).

Vedtaket er under behandling. Vedtaket har ei side til spørsmål som blir vurderte i samband med arbeidet med ein proposisjon om ny forvaltningslov, som regjeringa tek sikte på å fremme våren 2025. Ved sida av arbeidet med ny forvaltningslov blir det arbeida med interne prosessar for å følgje opp vedtaket, mellom anna knytt til opplæring, bistand til politisk leiing og rutinar for handtering av habilitetsspørsmål i departementsfellesskapet. Det overordna målet er å styrke kvaliteten på opplæringa og å sikre betre handtering av habilitetsregelverket i alle departementa. I samband med Kontroll- og konstitusjonskomiteens sak om regjeringsapparatets handtering av habilitetsregelverk mv. vart det mellom anna gjennomført ei kartlegging av rutinane for handtering av habilitetsregelverket i alle departementa og ved Statsministerens kontor. Kartlegginga viste at alle departementa hadde ein praksis for opplæring og innleiande samtalar mellom embetsverk og politisk leiing. For å sørge for at det i større grad blir gitt ei einskapleg opplæring, og ei opplæring av høgare kvalitet, fastsette Statsministerens kontor i oktober 2023 nye felles retningslinjer for den opplæringa av politisk leiing som skal skje i alle departement. Retningslinjene avklarar mellom anna ansvars- og oppgåvefordelinga mellom Statsministerens kontor og departementa, gir generelle retningslinjer for innhaldet i opplæringa, og spesielle retningslinjer for opplæringa i habilitetsreglane. Det er gjennomført eigne presentasjonar av habilitetsreglane for alle i politisk leiing, og det er etablert ein rutine for jamlege skriftlege påminningar om regelverket og orientering om eventuelle endringar til politiske leiing i alle departement. Lovavdelinga i Justis- og beredskapsdepartementet har videre halde kurs i habilitetsregelverket som har vært opne for alle tilsette i departementsfellesskapet, som vil bli gjentatt seinare i 2024.

Habilitet

Vedtak nr. 508, 5. mars 2024

«Stortinget ber regjeringen fremme en proposisjon med forslag til fornyelse av habilitetsreguleringen i forvaltningsloven basert på NOU 2019: 5. Proposisjonen må fremmes i tide for at den kan behandles av Stortinget i inneværende stortingsperiode.»

Dokumentet som ligg til grunn for vedtaket, er Innst. 215 S (2023–2024).

Vedtaket er under behandling. Habilitetsreglane i forvaltningslova blir vurderte i samband med arbeidet med ein proposisjon om ny forvaltningslov basert på NOU 2019: 5 Ny forvaltningslov, som regjeringa tek sikte på å fremme våren 2025.

Habilitet

Vedtak nr. 509, 5. mars 2024

«Stortinget ber regjeringen på egnet måte gjøre en gjennomgang av gjeldende rutiner og regelverk, der man både er tydeligere på hvilke føringer som er regulert på hvilket nivå, og samtidig vurderer hva som bør reguleres på hvilket nivå.»

Dokumentet som ligg til grunn for vedtaket, er Innst. 215 S (2023–2024).

Vedtaket er under behandling. Vedtaket har ei side til spørsmål som blir vurderte i samband med arbeidet med ein proposisjon om ny forvaltningslov, som regjeringa tek sikte på å fremme våren 2025. Oppfølginga blir sett i samband med prosessar knytte til oppfølginga av vedtak nr. 507.

Habilitet

Vedtak 510, 5. mars 2024

«Stortinget ber regjeringen vurdere å innføre en rutine om å skriftliggjøre habilitetsvurderinger gjort av statsråder, statssekretærer og politiske rådgivere.»

Dokumentet som ligg til grunn for vedtaket, er Innst. 215 S (2023–2024).

Vedtaket er under behandling. Vedtaket blir vurdert i samband med arbeidet med ein proposisjon om ny forvaltningslov, som regjeringa tek sikte på å fremme våren 2025. Oppfølginga blir sett i samband med prosessar knytte til oppfølginga av vedtak nr. 507.

Habilitet

Vedtak 511, 5. mars 2024

«Stortinget ber regjeringen vurdere en større grad av åpenhet om habilitetsvurderinger som foretas i departementene av politisk ledelse i departementene.»

Dokumentet som ligg til grunn for vedtaket, er Innst. 215 S (2023–2024)

Vedtaket er under behandling. Oppfølginga blir sett i samband med prosessar knytte til oppfølginga av vedtak nr. 507.

Transnasjonal undertrykking – oppfølging av rapportar

Vedtak nr. 525, 19. mars 2024

«Stortinget ber regjeringen følge opp Proba-rapport 2020-3 «Press og kontroll – en studie av økonomisk, ideologisk eller religiøst press med utspring i opprinnelsesland, rettet mot personer med innvandrerbakgrunn i Norge» og Proba-rapport 2023-10 «Transnasjonal undertrykking – begrepsavklaring og sektoransvar» og iverksette tiltak for å forhindre transnasjonal undertrykkelse av personer i Norge, for eksempel gjennom en handlingsplan mot transnasjonal undertrykkelse.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:30 S (2023–2024) og Innst. 226 S (2023–2024) frå kommunal- og forvaltningskomiteen.

Vedtaket er følgt opp. Nokre former for transnasjonal undertrykking er ulovleg. Andre former er uønskte, men ikkje kriminaliserte. Politiets tryggingsteneste (PST) har ansvar for å førebyggje og etterforske flyktningspionasje, medan politiet elles førebyggjer og etterforskar lovbrot som har samanheng med press og kontroll som enkeltpersonar eller diasporamiljø kan vere utsette for. Desse sakene er ofte krevjande å førebyggje og etterforske, då dei som utfører handlingane, som oftast oppheld seg utanfor Noregs grenser. Det blir derfor jobba breitt for å byggje tillit mellom norske myndigheiter og diasporamiljø for å unngå, og sikre varsling om, transnasjonal undertrykking i Noreg. Fleire sektorar har medansvar knytt til problemstillinga, og det blir stadig vurdert om det er andre formålstenlege tiltak som kan bidra til å redusere transnasjonal undertrykking i Noreg. For å følgje opp vedtaket, har Justis- og beredskapsdepartementet innleia ein ny dialog med relevante departement for å sjå om ytterlegare tiltak kan identifiserast.

Forsyningstryggleik – oppfølging av Totalberedskapskommisjonen

Vedtak nr. 561, 18. april 2024

«Stortinget ber regjeringen vektlegge Norges beredskapspotensial i den videre oppfølgingen av Totalberedskapskommisjonens rapport NOU 2023: 17.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 11 (2023–2024) Strategi for auka sjølvforsyning av jordbruksvarer og plan for opptrapping av inntektsmoglegheitene i jordbruket og Innst. 258 S (2023–2024).

Vedtaket er under behandling. Justis- og beredskapsdepartementet vil vurdere vedtaket i samband med arbeidet med ei stortingsmelding om totalberedskap, som etter planen skal leggjast fram for Stortinget hausten 2024.

Forsyningstryggleik – sikre mest mogleg normal handel og produksjon av mat i kriser

Vedtak nr. 562, 18. april 2024

«Stortinget ber regjeringen sikre at kritiske samfunnsfunksjoner gis fortrinn ved kriser slik at blant annet handel og produksjon av matvarer går mest mulig normalt under en krise.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Meld. St. 11 (2023–2024) Strategi for auka sjølvforsyning av jordbruksvarer og plan for opptrapping av inntektsmoglegheitene i jordbruket og Innst. 258 S (2023–2024).

Vedtaket er under behandling. Justis- og beredskapsdepartementet vil vurdere vedtaket i samband med arbeidet med ei stortingsmelding om totalberedskap, som etter planen skal leggjast fram for Stortinget hausten 2024.

Utgreiing av forslag til lovfesting av kommunale handlingsplanar

Vedtak nr. 613, 7. mai 2024

«Stortinget ber regjeringen utrede forslag til lovfesting av kommunale handlingsplaner mot vold i nære relasjoner og sende lovforslag på høring innen våren 2025.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:96 S (2023–2024) og Innst. 320 S (2023–2024) frå justiskomiteen.

Vedtaket er under behandling.

Utvide målgruppa for barnehusa

Vedtak nr. 616, 7. mai 2024

«Stortinget ber regjeringen i løpet av planperioden (2024–2028) utvide målgruppen for barnehusene til å gjelde mistenkte barn, innenfor de lovbruddstyper som gjelder for utsatte.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:96 S (2023–2024) og Innst. 320 S (2023–2024) frå justiskomiteen.

Vedtaket er under behandling. Frå 2024 er målgruppa for barnehusa utvida til å omfatte mistenkte under 16 år i saker som gjeld seksuelle overgrep. Med utgangspunkt erfaringane som vert innhenta vil regjeringa planlegge for ei utviding av målgruppa til å gjelde alle mindreårige mistenkte innanfor dei typane av lovbrot som i dag gjeld for mindreårige fornærma.

Forslag om å utvide målgruppa for barnehusa til barn mellom 16 og 18 år

Vedtak nr. 617, 7. mai 2024

«Stortinget ber regjeringen i løpet av første halvdel av planperioden (2024–2028) utrede og komme tilbake til Stortinget med et forslag om å utvide målgruppen for barnehusene, slik at også barn mellom 16 og 18 år kan få tilrettelagte avhør på lik linje med andre barn».

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:96 S (2023–2024) og Innst. 320 S (2023–2024) frå justiskomiteen.

Vedtaket er under behandling.

Gjennomgang av reglane for dødsstadsundersøkingar

Vedtak nr. 618, 7. mai 2024

«Stortinget ber regjeringen gjennomgå reglene om dødsstedsundersøkelse når barn dør plutselig og uventet, og vurdere behovet for lovendringer.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:96 S (2023–2024) og Innst. 320 S (2023–2024) frå justiskomiteen.

Vedtaket er under behandling.

Endringar i politilova og vaktverksemdlova

Vedtak nr. 634, 14. mai 2024

«Stortinget ber regjeringen komme tilbake med nytt forslag til endringer i vaktvirksomhetsloven § 2. I arbeidet med et nytt forslag må berørte parter involveres, med hensikt å unngå negative følger for yrkesgrupper som jobber på lufthavner.»

Dokumentet som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 45 L (2023–2024) og Innst. 275 L (2023–2024) frå kontroll- og konstitusjonskomiteen.

Vedtaket er under behandling.

Oppfølgingsforsking etter angrepet 25. juni

Vedtak nr. 645, 16. mai 2024

«Stortinget ber regjeringen sørge for at det settes i gang relevant oppfølgingsforskning på de berørte av angrepet 25. juni.»

Dokumentet som ligg til grunn for vedtaket, er Innst. 280 S (2023–2024) frå kontroll- og konstitusjonskomiteen.

Vedtaket er følgt opp ved at Justis- og beredskapsdepartementet har gitt Nasjonalt kunnskapssenter om vald og traumatisk stress (NKVTS) midlar til ein forskingsstudie om dei ramma etter terrorangrepet 25. juni 2022.

Tiltak mot æreskriminalitet, lik rett til skilsmisse

Vedtak nr. 658, 23. mai 2024

«Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget med forslag om at det ved familiegjenforening stilles krav om erklæring om at ekteskapet er inngått av egen fri vilje og at man anerkjenner hverandres like rett til skilsmisse.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8: 96 S (2023–2024) og Innst. 320 S (2023–2024) frå justiskomiteen.

Vedtaket er under behandling.

Organisering av advokatverksemd

Vedtak nr. 719, 6. juni 2024

«Stortinget ber regjeringen forskriftsfeste at forsikringsadvokater kan utøve advokatvirksomhet som en del av rettshjelpforsikringen i tråd med forslag til ny forskrift § 9 som tidligere foreslått i høring.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 61 L (2023–2024) Lov om endringer i advokatloven mv. (overgangsregler mv.), Innst. 392 L (2023–2024) og Lovvedtak 84 (2023–2024).

Vedtaket er under behandling. Ny advokatlov og overgangsreglar er vedtekne av Stortinget, og departementet arbeider med ny advokatforskrift og ikraftsetjinga av det nye advokatregelverket. Sjå nærmare omtale under programkategori 06.60.

Evaluering av valdserstatningslova

Vedtak nr. 723, 6. juni 2024

«Stortinget ber regjeringen evaluere ny voldserstatningslov to år etter ikrafttredelse.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:123 S (2023–2024) og Innst. 415 S (2023–2024) frå justiskomiteen.

Vedtaket er under behandling.

Fri rettshjelp til offer for lønnstjuveri

Vedtak nr. 727, 6. juni 2024

«Stortinget ber regjeringen utrede hvordan den juridiske hjelpen til ofre for lønnstyveri kan styrkes, herunder om den bør innlemmes i ordningene med fri rettshjelp eller rettsråd, og komme tilbake til Stortinget innen statsbudsjettet for 2025.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:142 S (2023–2024) og Innst. 376 S (2023–2024) frå justiskomiteen.

Vedtaket er under behandling. I NOU 2020: 5 foreslo rettshjelpsutvalet at fri rettshjelp i arbeidsrettssaker òg skal omfatte saker om inndriving av lønn og feriepengar. Departementet jobbar no vidare med andre deloppfølging av NOU 2020: 5. Dette forslaget blir vurdert i samband med dette.

Opprette nytt politirolleutval

Vedtak nr. 754, 12. juni 2024

«Stortinget ber regjeringen opprette et nytt politirolleutvalg hvor målet er en bred politisk forankring av hva politiets rolle er og skal være fremover, og hvilke oppgaver politiet skal utføre og eventuelt fritas for.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 15 (2023–2024) og Innst. 412 S (2023–2024) frå justiskomiteen.

Vedtaket er under behandling. Oppnemninga av eit politirolleutval blir vurdert i samanheng med regjeringa sitt arbeid med å leggje til rette for ei meir langsiktig og heilskapleg styring av politiet, der det også blir lagt vekt på politiske prioriteringar ut frå samfunnet sine behov og forventningar til politiet.

Fleirårige planar for politiet

Vedtak nr. 755, 12. juni 2024

«Stortinget ber regjeringen legge til rette for flerårige planer for politiet og komme tilbake i statsbudsjettet for 2025 med forslag om hvordan dette skal gjennomføres.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 15 (2023–2024) og Innst. 412 S (2023–2024) frå justiskomiteen.

Vedtaket er under behandling. Regjeringa varsla i Prop. 104 S (2023–2024) at ho ville komme tilbake med ein omtale av den langsiktige og heilskaplege styringa av politiet i samband med statsbudsjettet for 2025. Justis- og beredskapsdepartementet vil leggje til rette for ei meir langsiktig og heilskapleg styring av politiet. Ein langsiktig plan for styringa av politiet må innrettast slik at den har ein fleksibilitet for å møte framtida og eit trussel- og tryggleiksbilete i stadig endring. Planen må heile tida kunne tilpassa seg endringar i kriminalitets- og trusselbilete og andre utviklingstrekk i samfunnet, som til dømes den teknologiske utviklinga. Sjå elles omtale under kategori 06.40.

Eigarskapskontroll – greie ut plikt til å søke løyve til kjøp av visse eigedommar

Vedtak nr. 758, 12. juni 2024

«Stortinget ber regjeringen utrede en plikt til å søke tillatelse til kjøp av visse eiendommer, herunder om det bør være begrensninger i hvem som kan kjøpe eiendom nær viktige militære installasjoner.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 15 (2023–2024) og Innst. 412 S (2023–2024) frå justiskomiteen.

Vedtaket er under behandling. Departementet ser på korleis det kan etablerast godkjenningsordningar for enkelte typar erverv, i tillegg til endringar i sikkerhetsloven som vart satt i kraft 1. juli 2023.

Nasjonal tryggleiksstrategi

Vedtak nr. 762, 12. juni 2024

«Stortinget ber regjeringen utarbeide en nasjonal sikkerhetsstrategi.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:124 S (2023–2024) og Innst. 414 S (2023–2024).

Vedtaket er under behandling, og vil bli vurdert bl.a. i samband med oppfølginga av Totalberedskapskommisjonens rapport.

Forelding av krav som er under klagebehandling

Vedtak nr. 766, 12. juni 2024

«Stortinget ber regjeringen utrede og foreslå lovendringer for å sikre at foreldelsesfristen ikke begynner å løpe så lenge et krav er gjenstand for klagebehandling i forvaltningen eller gjenstand for klagebehandling hos privat motpart.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:75 S (2023–2024) og Innst. 418 S (2023–2024).

Vedtaket er under behandling.

Bevisførsel om opplysning underlagd teieplikt hos Sivilombodet

Vedtak nr. 767, 12. juni 2024

«Stortinget ber regjeringen følge opp brev til Stortingets presidentskap fra Sivilombudet av 20.april 2023 om – Oppfølging av Dokument 21 (2020–2021) – bevisførsel om opplysning underlagt taushetsplikt hos Sivilombudet – og komme tilbake til Stortinget med et lovforslag som ivaretar intensjonen i brevet.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Dokument 21 (2020–2021) og Innst. 352 L (2023–2024).

Vedtaket er under behandling.

Utanlandske kvinner utsette for vald, vidare opphald

Vedtak nr. 771, 12. juni 2024

«Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget med nødvendige endringsforslag vedrørende oppfølgingen av kvinner som utsettes for vold, men som ikke tør å be om hjelp av bekymring for å bli sendt til hjemlandet. Saken må inkludere en vurdering av utlendingsloven § 53 b, som i dag regulerer fortsatt opphold etter samlivsbrudd på bakgrunn av vold.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 99 L (2023–2024) Endringer i ekteskapsloven (forbud mot ekteskap mellom nære slektninger) og Innst. 427 L (2023–2024).

Vedtaket er under behandling.

Lov om forbrukarleige av ting

Vedtak nr. 916, 21. juni 2024

«Stortinget ber regjeringen utrede og komme tilbake til Stortinget i løpet av vårsesjonen 2026 med forslag om en forbrukerlovgivning for leie av ting, for å sikre et heldekkende forbrukervern for leie, leasing og delingstjenester.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 2 (2023–2024) og Innst. 447 S (2023–2024).

Vedtaket er under behandling.

1.10.2 Stortingssesjon 2022–2023

Oppretting av permanent partnardrapskommisjon

Vedtak nr. 131, 6. desember 2022

«Stortinget ber regjeringen snarest mulig opprette en permanent partnerdrapskommisjon.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:218 S (2021–2022) og Innst. 64 S (2022–2023) frå justiskomiteen.

Vedtaket er følgt opp. Regjeringa etablerte 6. september 2024 ein partnardrapskommisjon som er lagd til Statens sivilrettsforvaltning.

Nasjonalt førebyggingsprogram mot partnarvald og partnardrap

Vedtak nr. 132, 6. desember 2022

«Stortinget ber regjeringen utarbeide et nasjonalt forebyggingsprogram for en samordnet innsats mot partnervold og partnerdrap.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:218 S (2021–2022) og Innst. 64 S (2022–2023) frå justiskomiteen.

Vedtaket er under behandling. Som eit tiltak i Prop. 36 S (2023–2024) Opptrappingsplanen mot vold og overgrep mot barn og vold i nære relasjoner (2024–2028) skal det gjennomførast eit nasjonalt førebyggingsprogram for ein samordna innsats mot partnardrap og partnarvald. Programmet skal rettast mot fleire målgrupper, oppdaterast jamleg og sjåast i samanheng med opprettinga av partnardrapskommisjonen.

Kommunale handlingsplanar mot vald i nære relasjonar

Vedtak nr. 133, 6. desember 2022

«Stortinget ber regjeringen påse at kommunene, enten i egen regi eller i interkommunalt samarbeid, har vedtatt en handlingsplan mot vold i nære relasjoner.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:218 S (2021–2022) og Innst. 64 S (2022–2023) frå justiskomiteen.

Vedtaket er under behandling og må sjåast i samanheng med vedtak nr. 613 av 7. mai 2024.

Oppdatert kunnskapsgrunnlag om vald i nære relasjonar

Vedtak nr. 134, 6. desember 2022

«Stortinget ber regjeringen sørge for et godt og oppdatert kunnskapsgrunnlag om vold i nære relasjoner.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:218 S (2021–2022) og Innst. 64 S (2022–2023) frå justiskomiteen.

Vedtaket er følgt opp. Det tiårige forskingsprogrammet om vald i nære relasjonar gjennomført av NOVA og Nasjonalt kunnskapssenter om vald og traumatisk stress blir avslutta i 2024. Kunnskapsgrunnlaget på feltet er godt, men det er framleis eit behov for oppdatert kunnskap. Som eit ledd i oppfølginga av Opptrappingsplanen mot vold og overgrep mot barn og vold i nære relasjoner (2024–2028) skal forskinga om vald i nære relasjonar derfor vidareførast innanfor ramma av programverksemda til Forskingsrådet.

Bruk av åleinesamtalar i hjelpeapparatet

Vedtak nr. 135, 6. desember 2022

«Stortinget ber regjeringen legge til rette for at politi og annet hjelpeapparat rutinemessig tilbyr brukere alenesamtaler, og at slike samtaler er obligatoriske i deler av hjelpeapparatet, i tråd med partnerdrapsutvalgets anbefaling.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:218 S (2021–2022) og Innst. 64 S (2022–2023) frå justiskomiteen.

Vedtaket er følgt opp. Åleinesamtalar, eller individuelle samtalar, inngår som ein sentral del av tilbodet til valds- og overgrepsutsette ved krisesentera og senter for personar som er utsette for seksuelle overgrep. Tilsvarande gjeld for familievernet. For politiet i førstelinja blir behovet for åleinesamtalar vurdert gjennom tiltakskort for patruljen på staden. Departementet vurderer at dagens praksis er i tråd med intensjonen i oppmodingsvedtaket, og vedtaket er såleis følgt opp.

Betre dokumentering og informasjonsutveksling i hjelpeapparatet

Vedtak nr. 136, 6. desember 2022

«Stortinget ber regjeringen legge til rette for bedre dokumentasjonsrutiner og styrke kompetansen på reglene om informasjonsutveksling mellom politi og annet hjelpeapparat, i tråd med partnerdrapsutvalgets anbefaling.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:218 S (2021–2022) og Innst. 64 S (2022–2023) frå justiskomiteen.

Vedtaket er under behandling.

Elektronisk kontroll ved fotlenke med GPS-sendar for forvaringsdømde

Vedtak nr. 139, 6. desember 2022

«Stortinget ber regjeringen sikre adgang til å sette vilkår om elektronisk kontroll ved fotlenke med GPS-sender for forvaringsdømte under permisjon fra soning, og om nødvendig fremme forslag om nødvendige lovendringer for å oppnå formålet.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:261 S (2021–2022) og Innst. 93 S (2022–2023).

Vedtaket er under behandling. Eit forslag som følgjer opp oppmodningsvedtaket blei sendt på høyring 8. mai 2024, sjå høyring av forslag til endring av straffegjennomføringsloven og forskrift om straffegjennomføring mv. (bruk av elektronisk kontroll og digitale kontrolltiltak i kriminalomsorgen) punkt 7.7 Nærmere om forslaget om å åpne for bruk av digitale kontrolltiltak ved utganger og prøveløslatelse fra forvaring. Høyringsfristen var 2. september 2024. Departementet følgjer no opp høyringa.

Greie ut forliksrådsordninga

Vedtak nr. 445, 5. januar 2023

«Stortinget ber regjeringen utrede forliksrådsordningen med sikte på å styrke og forbedre den.»

Dokumenta som ligg til grunn for saka, er Dokument 8:6 S (2022–2023) og Innst. 123 S (2022–2023).

Vedtaket er under behandling. Departementet ga i 2023 Politidirektoratet eit forskings- og utgreiingsoppdrag for å betre kunnskapsgrunnlaget om forliksråda, som skal leverast i løpet av oktober 2024. Statens sivilrettsforvaltning har òg fått i oppdrag å opprette eit nytt system for opplæring av forliksrådsmedlemmer. Sjå nærmare omtale under programkategori 06.20.

Endringar i reglane om avhøyr av vitne som bur på sperra adresse

Vedtak nr. 615, 25. april 2023

«Stortinget ber regjeringen innen 1. juli 2023 sende på høring forslag til ytterligere endringer i tvisteloven for å ivareta at skjulte eller sperrede adresser ikke blir avslørt som følge av vitners plikt til å oppgi navn og personalia, og så snart som mulig komme tilbake til Stortinget på egnet måte.»

Vedtaket vart fatta på bakgrunn av eit «laust forslag» til saka. Dokumenta som ligg til grunn for saka, er Prop. 34 L (2022–2023) og Innst. 273 L (2022–2023).

Vedtaket er følgt opp med lovforslag i Prop. 110 L (2023–2024).

Endringar i tvistelova – innstilling av saker i forliksrådet som følgje av lang behandlingstid

Vedtak nr. 616, 25. april 2023

«Stortinget ber regjeringen vurdere endringer i tvisteloven kapittel 6 for saker som kreves innstilt som følge av at behandlingen ikke er avsluttet innen fristen i § 6-11 fjerde ledd.»

Dokumentet som ligg til grunn for vedtaket, er Innst. 273 L (2022–2023).

Vedtaket er under behandling.

Endringar i reglane om gjenopning av sivile saker som det er sagt dom i som del av ei straffesak

Vedtak nr. 617, 25. april 2023

«Stortinget ber regjeringen vurdere endringer i /unntak fra den absolutte fristen etter tvisteloven § 31-6 på ti år for gjenåpning av sivile saker som er pådømt som del av en straffesak.»

Dokumentet som ligg til grunn for vedtaket, er Innst. 273 L (2022–2023).

Vedtaket er følgt opp med lovforslag i Prop. 110 L (2023–2024). Det er i proposisjonen fremma forslag om eit unntak frå den absolutte fristen på ti år for å krevje gjenopning av sivile krav som er sette fram i samband med ei straffesak.

Sakskostnader i sivile saker

Vedtak nr. 618, 25. april 2023

«Stortinget ber regjeringen utrede hvordan partenes sakskostnader i sivile saker kan bli lavere, og komme tilbake til Stortinget på egnet måte.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 34 L (2022–2023) og Innst. 273 L (2022–2023).

Vedtaket er under behandling.

Enklare og meir forbrukarvenleg regelverk for gåvekort

Vedtak nr. 644, 9. mai 2023

«Stortinget ber regjeringen vurdere en styrking av forbrukernes rettigheter ved erverv og bruk av gavekort. Videre bes regjeringen vurdere innføring av et forbud mot at gavekortutsteder kan trekke gebyr fra kortet etter at det er solgt og overlevert til kunden, samt å innføre plikt til at de avtalerettslige prinsippene som gjelder for gavekortet, synliggjøres på selve kortet. Det bes om at regjeringen kommer tilbake til Stortinget på egnet måte.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:122 S (2022–2023) og Innst. 299 S (2022–2023).

Vedtaket er under behandling.

Stortingsmelding om kriminalomsorga

Vedtak nr. 653, 11. mai 2023

«Stortinget ber regjeringen, som en del av en helhetlig stortingsmelding om kriminalomsorgen, utrede de samlede behovene og vurdere nødvendige tiltak for å sikre likeverdige soningsforhold for kvinnelige og mannlige innsatte.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:152 S (2022–2023) og Innst. 318 S (2022–2023).

Vedtaket er under behandling.

A-krimsenter

Vedtak nr. 729, 1. juni 2023

«Stortinget ber regjeringen sikre at politiet har tydelige hjemler for deltakelse i kontrollgruppen og kunnskapsbyggingen ved a-krimsentrene, og om nødvendig komme tilbake til Stortinget med forslag til oppdaterte lovhjemler.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:198 S (2022–2023) og Innst. 388 S (2022–2023).

Vedtaket er under behandling i samarbeid med Arbeids- og inkluderingsdepartementet og Finansdepartementet. Eit lovforslag frå Arbeids- og inkluderingsdepartementet vart sendt på høyring i starten av juli 2024 med høyringsfrist 15. oktober 2024.

Yrkesskadeerstatningsordning for tilsette i kriminalomsorga

Vedtak nr. 843, 14. juni 2023

«Stortinget ber regjeringen innføre en reell yrkesskadeerstatningsordning for ansatte i kriminalomsorgen, tilsvarende den som har blitt innført for ansatte i politiet.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:200 S (2022–2023) og Innst. 468 S (2022–2023).

Vedtaket er følgt opp. Prop. 54 L (2023–2024) Endringer i straffegjennomføringsloven (erstatning for skader under pålagt organisert trening mv.) vart fremma for Stortinget 15. mars 2024. Lovforslaget vart einstemmig vedteke av Stortinget, jf. Innst. 380 L (2023–2024) og Lovvedtak 83 (2023–2024), og tredde i kraft 21. juni 2024. Lovendringa omfattar alle tilsette i kriminalomsorga, inkludert aspirantar og tilsette ved Høgskolen og utdanningssenteret til kriminalomsorga KRUS.

1.10.3 Stortingssesjon 2021–2022

Ny rettshjelpsordning

Vedtak nr. 35.49, 2. desember 2021

«Stortinget ber regjeringen om å legge frem forslag til ny lov om støtte til rettshjelp i løpet av våren 2023, og vurdere ulike tiltak som kan forsterke rettshjelpsordningen for befolkningen, herunder forslagene i NOU 2020: 5»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 1 (2021–2022), Prop. 1 S (2021–2022), Prop. 1 S Tillegg 1 (2021–2022) og Innst. 2 S (2021–2022).

Vedtaket er delvis følgt opp, jf. lov 20. desember 2023 nr. 109 om endringer i rettshjelploven (ny modell for økonomisk behovsprøving). Endringslova vart vedteken av Stortinget i desember 2023. Endringane inneber at fleire kan få rettshjelp dekt av staten. Forslaget vil fjerne skilnadene mellom partar med relativt lik økonomi og sikre at ordninga ikkje blir svekt over tid. Sjå nærmare omtale under programkategori 06.70.

Departementet jobbar no vidare med andre deloppfølging av NOU 2020: 5.

Utgreiing av fråvikelege lovreglar om sambuarskap

Vedtak nr. 372, 3. februar 2022

«Stortinget ber regjeringen utrede en fravikelig samboerlov.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:5 S (2021–2022) og Innst. 121 S (2021–2022) frå familie- og kulturkomiteen.

Vedtaket er under behandling. Regjeringa oppnemnde i mars 2023 eit offentleg utval som skal vurdere ei mogleg ny regulering. Utvalet skal levere utgreiinga si innan 1. mai 2025.

Straffeføresegn om seksuell utnytting av barn

Vedtak nr. 420, 8. mars 2022

«Stortinget ber regjeringen vurdere om ordet ‘livssituasjon’ i straffeloven § 295 første ledd bokstav c bør endres til ‘situasjon’, slik at bestemmelsen rammer det ‘å utnytte en person under 18 år i en særlig sårbar situasjon’.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:26 S (2021–2022) og Innst. 177 S (2021–2022) frå justiskomiteen.

Vedtaket er under behandling. Straffelovrådet la i desember 2022 fram ei utgreiing om strafferettsleg vern av den seksuelle sjølvråderetten, NOU 2022: 21. I utgreiinga tilrår rådet ei ny føresegn som rammar «den som skaffer seg seksuell omgang med noen under 18 år ved å utnytte at vedkommende befinner seg i en særlig sårbar situasjon og derved har vesentlig nedsatte forutsetninger for å motsette seg handlingen». Rådet tilrår at føresegna òg rammar dei som ved forholda som er nemnde ovanfor, «får noen under 18 år til å ha seksuell omgang med en annen eller til å utføre handlinger som svarer til seksuell omgang med seg selv». Oppfølging av NOU-en er ei prioritert oppgåve for departementet.

Organisering av advokatverksemd

Vedtak nr. 504, 28. april 2022

«Stortinget ber regjeringen utarbeide forskrift etter § 19 andre ledd, hvor forsikringsselskap kan tilby advokatbistand gjennom rettshjelpforsikring.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 214 L (2020–2021) Lov om advokater og andre som yter rettslig bistand (advokatloven), Innst. 234 L (2021–2022) og Lovvedtak 61 (2021–2022).

Vedtaket er under behandling. Ny advokatlov og overgangsreglar er vedtekne av Stortinget, og departementet arbeider med ny advokatforskrift og ikraftsetjinga av det nye advokatregelverket. Sjå nærmare omtale under programkategori 06.60.

Overgangsreglar i advokatlova

Vedtak nr. 505, 28. april 2022

«Stortinget ber regjeringen sikre klare overgangsordninger for foretak som blir berørt av endringer i ny advokatlov, som må gi slike god nok tid til å omorganisere seg, slik det åpnes for i Prop. 214 L (2020–2021) kapittel 22.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 214 L (2020–2021) Lov om advokater og andre som yter rettslig bistand (advokatloven), Innst. 234 L (2021–2022) og Lovvedtak 61 (2021–2022).

Vedtaket er følgt opp i Prop. 61 L (2023–2024) og lov 11. juni 2024 nr. 84 om endringer i advokatloven mv. (overgangsregler mv.).

Organisering av advokatverksemd

Vedtak nr. 506, 28. april 2022

«Stortinget ber regjeringen iverksette forskrift for berørte forsikringsselskap i god tid før overgangsreglene som vil bli fremmet i forbindelse med ikraftsettingen av advokatloven, utløper i tid.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 214 L (2020–2021) Lov om advokater og andre som yter rettslig bistand (advokatloven), Innst. 234 L (2021–2022) og Lovvedtak 61 (2021–2022).

Vedtaket er under behandling. Ny advokatlov og overgangsreglar er vedtekne av Stortinget, og departementet arbeider med ny advokatforskrift og ikraftsetjinga av det nye advokatregelverket. Sjå nærmare omtale under programkategori 06.60.

Vurdering av naturskadeforsikringsordninga

Vedtak nr. 579, 24. mai 2022

«Stortinget ber regjeringen vurdere mulighetene for å innrette naturskadeforsikringsordningen slik at den bedre ivaretar hensynet til forebygging, men likevel slik at dette ikke går på bekostning av prinsippet om en solidarisk og lik premiefastsettelse for forsikringskunder i hele landet.»

Dokumenta som ligg til grunn for forslaget, er Prop. 62 L (2021–2022) og Innst. 308 L (2021–2022).

Vedtaket er under behandling. Departementet sende på høyring eit notat om ny naturskadeforsikringslov 24. juni 2024.

Utgreiing av meldeplikt for norske tenesteleverandørar

Vedtak nr. 581, 30. mai 2022

«Stortinget ber regjeringen utrede innføring av en plikt for norske tjenesteleverandører til å melde fra dersom de oppdager at deres tjenester brukes til straffbar oppbevaring eller distribusjon av overgrepsmateriale.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:126 S (2021–2022) og Innst. 309 S (2021–2022) frå justiskomiteen.

Vedtaket er under behandling. Departementet ser denne saka i samanheng med forslaget til EU om å innføre ei tilsvarande plikt, men EUs arbeid er forseinka då det ikkje er semje om heile forordninga. Ei mellombels forordning er vedteken, som gir tenestetilbydarane ein heimel til å melde frå om mogleg overgrepsmateriale, og forordninga vil bli teken inn i norsk rett ved ikraftsetjinga av den nye ekomlova. I samband med arbeidet er det etablert ei interdepartemental arbeidsgruppe som skal greie ut saka, og gruppa har hatt fleire møte gjennom 2023 og 2024, også med Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit (Nkom), Kripos og Datatilsynet.

Regelverk om varsling frå kriminalomsorga

Vedtak nr. 582, 30. mai 2022

«Stortinget ber regjeringen gjennomføre et regelverksarbeid om varsling fra kriminalomsorgen, der hensynet til fornærmede og etterlatte vektlegges sterkere enn det som ligger i dagens regler.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:133 S (2021–2022) og Innst. 311 S (2021–2022) frå justiskomiteen.

Vedtaket er under behandling. Departementet arbeider med eit høyringsnotat for å følgje opp vedtaket.

Forseinkingsrente på regresskravet frå staten mot skadevaldar i valdserstatningssaker

Vedtak nr. 589, 30. mai 2022

«Stortinget ber regjeringen fastsette i forskrift at det ikke skal løpe forsinkelsesrenter på statens regresskrav mot skadevolderen i voldserstatningssaker mens skadevolderen soner alminnelig fengselsstraff.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 238 L (2020–2021), Innst. 310 L (2021–2022) frå justiskomiteen og Lovvedtak 70 (2021–2022).

Vedtaket er følgt opp. Ny valdserstatningsforskrift som fastslår at det ikkje skal løpe forseinkingssrenter på statens regresskrav mot skadevaldaren i valdserstatningssaker medan skadevaldaren sonar alminneleg fengselsstraff, tredde i kraft 1. januar 2024.

Tryggleik for personar med funksjonshindring

Vedtak nr. 654, 3. juni 2022

«Stortinget ber regjeringen se på hvordan myndighetene kan treffe nødvendige tiltak for å sikre funksjonshindrede beskyttelse og sikkerhet i risikosituasjoner i hele krisespekteret, og sikre at funksjonshindredes organisasjoner høres i forbindelse med dette.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:213 S (2021–2022) og Innst. 367 S (2021–2022) frå justiskomiteen.

Vedtaket er under behandling. Departementet har i samband med arbeidet med eit forprosjekt om sivile vernetiltak bede Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) om å vurdere behova til funksjonshindra særskilt i utforminga av framtidige tilrådingar om sivile vernetiltak.

Forbod mot sal av forfalne fordringar

Vedtak nr. 795, 15. juni 2022

«Stortinget ber regjeringen utrede muligheten for å forby salg av forfalte fordringer hvor forbruker er debitor.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:200 S (2021–2022) og Innst. 373 S (2021–2022).

Vedtaket er under behandling. Departementet vil handsame vedtaket i samband med arbeid med ny inkassolov og sjå vedtaket i samanheng med reglar i direktiv (EU) 2021/2167 om kredittjenestefirma og kredittkjøparar og direktiv (EU) 2023/2225 om forbrukarkredittavtalar.

Offentleg helsetilbod ved Politiets utlendingsinternat

Vedtak nr. 831, 17. juni 2022

«Stortinget ber regjeringen sikre at helsetjenesten på Politiets utlendingsinternat, Trandum, legges under den offentlige helsetjenesten og at beslutningen om dette tas i løpet av 2022 slik at overføringen kan gjennomføres senest 1. juli 2023.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 2 (2021–2022) og Innst. 450 S (2021–2022).

Vedtaket er følgt opp. Regjeringa la i desember 2023 fram eit lovforslag om å gi kommunar der det ligg utlendingsinternat, ansvar for helsetilbodet til internerte, jf. Prop. 40 L (2023–2024) og Innst. 235 L (2023–2024). Stortinget har vedteke lovforslaget. Det har teke noko lengre tid enn føresett å få på plass det kommunale tilbodet, men lovforslaget vil tre i kraft 1. januar 2025.

1.10.4 Stortingssesjon 2020–2021

Utviding av avverjingsplikta

Vedtak nr. 47, 3. november 2020

«Stortinget ber regjeringen utrede om avvergingsplikten i straffeloven § 196 bør utvides til også å omfatte flere straffbare handlinger, særlig straffeloven §§ 257, 260, 261, 272 b, 292, 293, 294, 300, 301, 302, 304 og 305.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 66 L (2019–2020) og Innst. 41 L (2020–2021).

Vedtaket er under behandling.

Forelding av lovbrot mot mindreårige

Vedtak nr. 50, 3. november 2020

«Stortinget ber regjeringen foreta en helhetlig gjennomgang av foreldelsesreglene for seksuallovbrudd og voldsforbrytelser mot mindreårige, og komme tilbake til Stortinget med forslag til lovendringer som hever det generelle nivået på foreldelsesfrister for denne typen lovbrudd.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 66 L (2019–2020) og Innst. 41 L (2020–2021).

Vedtaket er under behandling. Sjå òg vedtak nr. 1159 av 7. juni 2021.

Tilgjengelege dopingopplysningar

Vedtak nr. 64, 10. november 2020

«Stortinget ber regjeringen vurdere hvordan opplysninger om idrettsutøvere og støtteapparat som straffes for dopingkriminalitet, også kan gjøres tilgjengelig for antidopingorganisasjonene, herunder eventuelle behov for endring av lovgivning.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:95 S (2018–2019) og Innst. 48 S (2020–2021) frå justiskomiteen.

Vedtaket er under behandling. Departementet vurderer behovet for regelendringar og eventuelle andre tiltak.

Straff for den som tener pengar på idrettsprestasjonar som følgje av doping

Vedtak nr. 65, 10. november 2020

«Stortinget ber regjeringen vurdere muligheter for nye bestemmelser i straffeloven for å kunne straffeforfølge de som tjener penger på idrettsprestasjoner som følge av doping, og mulighet for inndragning.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:95 S (2018–2019) og Innst. 48 S (2020–2021) frå justiskomiteen.

Vedtaket er under behandling.

Klarare skilje mellom konvensjonsstatus (asyl) og subsidiært vern

Vedtak nr. 206, 7. desember 2020

«Stortinget ber regjeringen komme tilbake med forslag til lovendringer som innenfor rammen av internasjonale forpliktelser gir et klarere skille mellom konvensjonstatus (asyl) og subsidiær beskyttelse, gjennom å begrense retten til familiegjenforening samt utvide bruken av midlertidige tillatelser ved subsidiær beskyttelse.»

Dokumentet som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:71 L (2020–2021).

Vedtaket er under behandling.

Klarlegging av identitet

Vedtak nr. 208, 7. desember 2020

«Stortinget ber regjeringen stille de samme krav til klarlegging av identitet for permanent oppholdstillatelse og familieetablering som for statsborgerskap.»

Dokumentet som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:71 L (2020–2021).

Vedtaket er under behandling.

Høgare straff for barn som er involverte i gjenteken kriminalitet

Vedtak nr. 443, 18. desember 2020

«Stortinget ber regjeringen utrede om man i særlige tilfeller kan åpne for forhøyet straff ved nytt lovbrudd av samme art også for kriminelle gjengangere under 18 år.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:115 S (2019–2020) og Innst. 147 S (2020–2021) frå justiskomiteen.

Vedtaket er under behandling.

Tiltak for å auke talet på inndragingar

Vedtak nr. 446, 18. desember 2020

«Stortinget ber regjeringen i inneværende stortingsperiode legge fram tiltak og forslag til lovendringer for å øke omfanget av antallet inndragninger og gjøre det enklere for politiet å inndra verdier som er tilegnet gjennom kriminelle handlinger, både gjennom sivilrettslig inndragning og i straffesaker.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:115 S (2019–2020) og Innst. 147 S (2020–2021) frå justiskomiteen.

Vedtaket er under behandling. Regjeringa la 22. mars 2024 fram ei stortingsmelding om økonomisk kriminalitet. I stortingsmeldinga er det foreslått ei rekkje tiltak for å betre resultata innanfor inndraging av utbytte, inkludert endringar i lovverket. Det er sett ned ei arbeidsgruppe som har fått i mandat å utarbeide reglar om sivilrettsleg inndraging og greie ut behovet for endringar i reglane om sikring og forelding av inndragingskrav. Arbeidsgruppas rapport Selvstendig inndragning av utbytte fra straffbare handlinger vart sendt på høyring 20. september 2024.

Fornyingsordning for barneomsorgsattest

Vedtak nr. 627, 18. februar 2021

«Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget med en sak om å gjeninnføre en fornyelsesordning for barneomsorgsattest.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:136 (2019–2020) og Innst. 210 S (2020–2021) frå justiskomiteen.

Vedtaket er under behandling. Departementet har fått vurderingar og førebelse berekningar frå Politidirektoratet av økonomiske og administrative konsekvensar ved å innføre ei fornyingsordning for politiattestar generelt og barneomsorgsattestar spesielt. Departementet vurderer behovet for regelendringar og eventuelle andre tiltak. Sjå òg omtale under vedtak nr. 628 av 18. februar 2021.

Gjennomgang av barneomsorgsattestordninga

Vedtak nr. 628, 18. februar 2021

«Stortinget ber regjeringen foreta en gjennomgang av barneomsorgsattestordningen, som også innbefatter en utredning av digitale forenklingsmuligheter, en vurdering av muligheten for informasjonsdeling av gjeldende lovbrudd i andre land og en vurdering av om straffeloven § 272 og § 273 skal være en del av politiattesten.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:136 (2019–2020) og Innst. 210 S (2020–2021) frå justiskomiteen.

Vedtaket er under behandling. Departementet arbeider med ein gjennomgang av barneomsorgsattestordninga. Departementet har fått vurderingar og førebelse berekningar frå Politidirektoratet av økonomiske og administrative konsekvensar av ulike digitale forenklingsmoglegheiter. I samråd med andre involverte departement vurderer Justis- og beredskapsdepartementet behovet for å utvide barneomsorgsattesten til å gi merknader om fleire straffebod. Sjå òg omtale under vedtak nr. 627 av 18. februar 2021.

Oppretting av eit nasjonalt våpenregister

Vedtak nr. 681, 25. februar 2021

«Stortinget ber regjeringen opprette et nasjonalt våpenregister som legges til Brønnøysundregistrene og til Nordland politidistrikt med forvaltning i Mosjøen.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 29. (2019–2020) og Innst. 248 S (2020–2021) frå justiskomiteen.

Vedtaket er under behandling. Politidirektoratet har fått i oppdrag å setje i gang eit prosjekt for ei ny digital våpenforvaltning der ein tek omsyn til dette oppmodingsvedtaket. Brønnøysundregistera og Politidirektoratet har inngått avtale for å utvikle ei digital løysing for våpenforvaltning. Parallelt har Brønnøysundregistera starta utviklinga av eit nytt nasjonalt våpenregister. Arbeidet med å etablere eit våpenforvaltningskontor i Mosjøen er i gang, og oppstart er planlagd i løpet av hausten 2025. Sjå òg oppmodingsvedtak nr. 778 av 23. mars 2021.

Identitetsskjerming for polititilsette

Vedtak nr. 682, 25. februar 2021

«Stortinget ber regjeringen i forbindelse med forslag til ny straffeprosesslov sikre full identitetsskjerming for politiansatte.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 29. (2019–2020) og Innst. 248 S (2020–2021) frå justiskomiteen.

Vedtaket er under behandling. NOU 2024: 5 Maktens ansikt – Skjermet identitet for ansatte i politiet og kriminalomsorgen, som vart overlevert til Justis- og beredskapsdepartementet 21. mars 2024, har vore på høyring med frist 15. august 2024. Departementet vurderer no korleis forslaga i utgreiinga skal følgjast opp.

Straff for å tvinge barn til utlandet

Vedtak nr. 712, 9. mars 2021

«Stortinget ber regjeringen utrede straffeforbudet mot frihetsberøvelse i situasjoner hvor barn vil bli, eller allerede er, sendt til utlandet mot sin vilje, og fremme forslag til lovendringer som sikrer at påtvungne utenlandsopphold kan straffes.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:137 S (2019–2020) og Innst. 269 S (2020–2021) frå familie- og kulturkomiteen.

Vedtaket er under behandling. Eit lovutval har drøfta dei samla juridiske problemstillingane i saker om negativ sosial kontroll, æresmotivert vald, tvangsekteskap, kjønnslemlesting, psykisk vald og ufrivillige utanlandsopphald og vurdert om lovgivinga er god nok. Eitt av spørsmåla utvalet har sett nærmare på, er kva for nokre straffebod som gjeld i saker der barn og unge ufrivillig blir etterlatne i utlandet, og om det er behov for å klargjere heimlar i straffelova som held foreldre ansvarlege dersom barn blir sende på utanlandsopphald mot sin vilje. Utvalet leverte 24. juni 2024 utgreiinga si, NOU 2024: 13. Utvalet foreslår blant anna eit nytt straffebod om skadelege utanlandsopphald og at reglane om jurisdiksjon blir endra, slik at norsk straffelovgiving gjeld i fleire tilfelle der fridomsrøving finn stad i utlandet. Utgreiinga vart send på høyring 28. juni 2024 med høyringsfrist 28. oktober 2024.

Nasjonal langtidsplan for beredskap

Vedtak nr. 729, 11. mars 2021

«Stortinget ber regjeringen innføre en nasjonal langtidsplan for beredskap, som ser beredskapsressursene nasjonalt og regionalt i en sammenheng og legger grunnlaget for konkrete planer for utbedringer.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 5 (2020–2021) og Innst. 275 S (2020–2021) frå justiskomiteen.

Vedtaket er under behandling. Justis- og beredskapsdepartementet vil komme tilbake til oppfølginga av vedtaket som ein del av oppfølginga av Totalberedskapskommisjonens rapport, som vart overlevert departementet i 2023 og sendt på høyring same år.

Totalberedskapsutval

Vedtak nr. 730, 11. mars 2021

«Stortinget ber regjeringen etablere et fast totalberedskapsutvalg som rapporterer til regjeringen hvert år, slik at man sikrer koordinert ledelse overordnet og på tvers, og helhetlige og koordinerte trusselvurderinger. Både beredskapsmyndigheter, samfunnets organisasjoner og næringsliv skal være representert i utvalget.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 5 (2020–2021) og Innst. 275 S (2020–2021) frå justiskomiteen.

Vedtaket er under behandling. Justis- og beredskapsdepartementet vil komme tilbake til oppfølginga av vedtaket som ein del av oppfølginga av Totalberedskapskommisjonens rapport.

Nordisk samarbeid innan samfunnstryggleik

Vedtak nr. 739, 11. mars 2021

«Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget med en vurdering av muligheten for tettere samarbeid med nordiske naboland knyttet til samfunnssikkerhet og beredskap, herunder felles sikkerhetsklarering, planverk på tvers av landegrensene og øvelser på tvers av landegrensene.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 5 (2020–2021) og Innst. 275 S (2020–2021) frå justiskomiteen.

Vedtaket er under behandling. Oppfølginga av dette arbeidet bør sjåast i samanheng med det nordiske Haga-samarbeidet innan samfunnstryggleik. Samarbeidet ble etablert i 2009. Målet er å redusere sårbarheitene til landa, forsterke felles responsevne og effektivitet og oppnå større gjennomslagskraft i internasjonale fora. Frå 2020 er det etablert eit sivilt-militært samarbeid mellom Haga og Nordefco. Det blir òg vist til samarbeid mellom situasjonssentera i dei nordiske landa. Noreg har formannskapet i Haga-samarbeidet i 2024. Eit prioritert område er bl.a. å vidareutvikle det nordiske samarbeidet om vertslandsstøtte.

Når det gjeld spørsmålet om tryggingsklarering, finst det i dag tryggingsavtalar mellom Noreg og dei nordiske nabolanda som gjer det mogleg å utveksle gradert informasjon mellom landa. Avtalane omfattar òg anerkjenning av kvarandre sine tryggingsklareringar etter nærmare kriterium.

Brann til sjøs

Vedtak nr. 742, 11. mars 2021

«Stortinget ber regjeringen styrke Redningsselskapet og gjennomgå hvordan de kan bistå brann- og redningsetaten ved brann til sjøs.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 5 (2020–2021) og Innst. 275 S (2020–2021) frå justiskomiteen.

Vedtaket er delvis følgt opp. Tilskotet til Redningsselskapet (RS) har hatt ein jamn og kraftig auke dei seinare åra, frå om lag 56 mill. kroner i 2013 til om lag 140 mill. kroner i 2023. Ytterlegare oppfølging av vedtaket blir vurdert.

Tilfluktsrom

Vedtak nr. 743, 11. mars 2021

«Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget med en vurdering av hvordan eksisterende tilfluktsrom i større grad kan benyttes slik at de holdes i stand samt inngår som en del av den nasjonale beredskapen i forbindelse med for eksempel migrasjon, pandemi eller forsyningskrise.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 5 (2020–2021) og Innst. 275 S (2020–2021) frå justiskomiteen.

Vedtaket er under behandling. DSB gjennomførte eit forprosjekt i 2022 og har i eit presiseringsbrev til tildelingsbrevet for 2024 fått oppdrag om å føre vidare arbeidet med sivile tryggingstiltak. Dette vil bl.a. omfatte å utarbeide ei tilråding og eit forslag til innretning av framtidas dekningsrom og tilfluktsrom og å arbeide med planverk, regelverksendringar mv.

ADR-kontroll

Vedtak nr. 799, 13. april 2021

«Stortinget ber regjeringen utrede muligheten for å overføre myndighet til å gjennomføre ADR-kontroll til godkjente tungbilverksteder.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:106 S (2020–2021) og Innst. 311 S (2020–2021) frå transport- og kommunikasjonskomiteen.

Vedtaket er under behandling. DSB har vurdert moglegheita for å overføre myndigheit til å gjennomføre ADR-kontroll til både godkjente tungbilverkstader og andre godkjente køyretøyverkstader, som også er godkjent som kontrollorgan for periodisk køyretøykontroll (PKK). Statens vegvesen utførar i dag ADR-kontroll, medan PKK utførast av private aktørar. Det er ca. 4 500 ADR-godkjente køyretøy i Noreg, og av desse er berre omkring 1 800 tunge køyretøy. Det gjennomførast til samanlikning årleg over to millionar PKK.

DSB anbefaler ikkje ei overføring av ADR-kontrollar til private aktørar. Køyretøya som skal inn til årleg ADR-kontroll er dei som representerer den mest risikofylte transporten av farleg gods på norske veger. For at risikoen for ulykker med farleg gods ikkje skal auke, er det viktig at kontrollane gjennomførast einskapleg og av kompetente kontrollørar som held sin kompetanse ved like, mellom anna ved å gjennomføre ei tilstrekkeleg mengde kontroller kvart år.

ADR-kontroll og PKK vurderast som vesensforskjellige både med omsyn til innhald og kommersiell lønnsemd. Statens vegvesen har i dag eit landsdekkande, einskapleg og gratis tilbod om ADR-kontrollar. Ei overføring til private aktørar vil føre til at tilbydarar må ta betalt for tenesta. ADR-kontroll vil føre til kostnader for dei private aktørane, mellom anna til personell, utvikling av kompetanse og system. Etter DSB sin vurdering vil det være for få ADR-køyretøy på landsbasis som skal kontrollerast kvart år til at mange nok køyretøyverkstader vil sjå på ADR-kontroll som ein lønsam teneste. Dersom verkstader ønsker å tilby tenesta vil det mest sannsynleg være i områder med stor etterspurnad. Med ei privatisering vil det dermed være ein risiko for færre og meir sentraliserte ADR-kontrollstasjonar enn i dag, og dermed eit dårlegare distriktstilbod med lengre avstandar.

Nasjonal eigarskap og kontroll

Vedtak nr. 814, 20. april 2021

«Stortinget ber regjeringa sikre norsk eigarskap av kritisk infrastruktur og eigedom samt nasjonal kontroll over naturressursar i nordområda.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 9 (2020–2021) og Innst. 289 S (2020–2021) frå utanriks- og forsvarskomiteen.

Vedtaket er under behandling. Meld. St. 9 (2022–2023) Nasjonal kontroll og digital motstandskraft for å ivareta nasjonal sikkerhet, jf. Innst. 247 S (2022–2023), vart behandla i Stortinget 30. mars 2023. Ei rekkje tiltak i meldinga peikar på korleis regjeringa skal bidra til å sikre nasjonal kontroll og eigarskap over strategisk viktig infrastruktur og eigedom og over naturressursar. Regjeringa har intensivert arbeidet med å kartlegge verdiar med heimel i tryggingslova (lov om nasjonal sikkerhet), mellom anna ved at tryggingsmyndigheten har intensivert arbeidet med å legge verksemder under tryggingslova.

Regjeringa vurderer òg korleis ein kan få betre oversikt over verksemder og verdiar som ikkje er omfatta av tryggingslova, men som likevel kan ha betydning for nasjonal tryggleik, blant annet ved gjennomgangar av sektorar.

I tillegg vil regjeringa vurdere korleis ein kan få betre oversikt over kven som er reelle eigarar av verdiar av betydning for nasjonal tryggleik. Ved å innføre eit register frå 1. oktober 2024 får selskap og andre juridiske einingar høve til å registrere opplysningar i det nye registeret over reelle rettshavarar, som blir etablert i Brønnøysundregistrene. Frå 31. juli 2025 blir det plikt til å registrere slike opplysingar. Verdikartlegginga og innsikta i reell eigarskap vil danne grunnlag for å vurdere relevante verkemiddel for å vareta nasjonal tryggleik, mellom anna gjennom førebyggjande tryggingstiltak med heimel i tryggingslova, bruk av anna relevant regelverk og nasjonal eigarskap. Regjeringa har sett i gang eit arbeid for å greie ut korleis pliktig eigarregistrering kan gi norske myndigheiter tilstrekkeleg kontroll over eigarskap i fast eigedom.

Regjeringa går òg gjennom relevant eksisterande lovverk, for å sørge for at omsyn til nasjonal tryggleik inngår som vurderingskriterium der det er aktuelt. Når det gjeld endringar i tryggingslova vedtok Stortinget i juni 2023 på bakgrunn av forslag i Prop. 95 L (2022–2023) Endringer i sikkerhetsloven (eierskapskontroll og lovens virkeområde) ei presisering av plikta eigarar av skjermingsverdige objekt og infrastruktur har til å vurdere om eigedom som – på grunn av si plassering – kan leggje til rette for truslar mot verksemda, objektet eller infrastrukturen. Lovendringa definerer også eigedomar som har betyding for trygginga.

Heilskapleg gjennomgang av verjemålsordninga

Vedtak nr. 848, 27. april 2021

«Stortinget ber regjeringen foreta en helhetlig gjennomgang av vergemålsordningen og legge frem forslag til lovendringer som styrker og forbedrer den.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:77 (2020–2021) og Innst. 285 S (2020–2021) frå justiskomiteen.

Vedtaket er under behandling. Stortinget vedtok i mars 2023 endringar i verjemålslova, som tredde i kraft 1. april 2023 (endringslov 31. mars 2023 nr. 5). Dei aktuelle endringane vart foreslått i Prop. 141 L (2021–2022) hausten 2022, som første steg i oppfølginga av dette oppmodingsvedtaket. Etter endringane er bl.a. prinsippet om sjølvråderett tydeleggjort i fleire føresegner i verjemålslova. I Prop. 141 L (2021–2022) punkt 2.4 gjorde departementet greie for nokre prioriteringar for den vidare oppfølginga av oppmodingsvedtaket, bl.a. at terminologien i lova skal vurderast nærmare. Vidare blir det foreslått ein ny modell for godtgjering til verjer. Sjå nærmare omtale under programkategori 06.70. Arbeidet med den vidare revisjonen av lova blir gjennomført i dialog med sivilt samfunn og andre relevante aktørar.

Etablering av ny redningshelikopterbase i Tromsø og felles operasjon med helikoptertenesta til Sysselmeisteren

Vedtak nr. 983, 25. mai 2021

«Stortinget ber regjeringen starte nødvendige forberedelser som sikrer at Forsvaret overtar som operatør av redningshelikopterbasen i Tromsø når kontrakten med sivil operatør går ut.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 85 S (2020–2021) og Innst. 393 S (2020–2021) frå justiskomiteen.

Vedtaket er under behandling.

Sperring av opplysningar i reaksjonsregisteret

Vedtak nr. 1116, 3. juni 2021

«Stortinget ber regjeringen sørge for at opplysninger i reaksjonsregisteret om personer som er ilagt strafferettslige reaksjoner for bruk og besittelse av narkotika til eget bruk, sperres etter tre år. Sperring forutsetter at det ikke er registrert flere straffbare forhold i den aktuelle perioden.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 92 L (2020–2021), Innst. 612 L (2020–2021) og Lovvedtak 148 (2020–2021).

Vedtaket er under behandling. Eit forslag til forskriftsendringar har vore på høyring. Etter høyringa er straffeutmålingspraksisen endra av Høgsterett. Endringar i politiregisterforskrifta vil bli vurderte i samanheng med rushandhevingsutvalet si utgreiing, jf. NOU 2024: 12 Håndheving av mindre narkotikaovertredelser som vart levert 18. juni 2024.

Gjennomgang av praksis for tilbakekall av førarrett

Vedtak nr. 1117, 3. juni 2021

«Stortinget ber regjeringen sørge for at samfunnets reaksjoner i forbindelse med problematisk bruk av rusmidler er forholdsmessige, og kan knyttes til rusbruken. Stortinget ber regjeringen særlig gjennomgå praksis med tap av førerrett i tilfeller der man ikke ser noen sammenheng mellom personens bruk av rusmidler og føring av motorvogn.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 92 L (2020–2021), Innst. 612 L (2020–2021) og Lovvedtak 148 (2020–2021).

Vedtaket er følgt opp. Hurdalsplattforma stadfestar regjeringa sin intensjon om å gjennomgå praksis med tap av førarrett der ein ikkje ser nokon samanheng mellom føraren sin bruk av rusmiddel og køyringa. Det primære formålet med reglane i vegtrafikklova om ruspåverka køyring er å sørge for trafikktryggleik og førebyggje skadar og dødsfall i vegtrafikken. I dialog med Politidirektoratet har departementet sett nærmare på politiet sin praksis for tilbakekall av førarrett på grunnlag av manglande edruelegheit, for å sikre at praksisen ikkje er strengare enn intensjonen bak reglane. Politiet si forståing av vilkåra i vegtrafikklova for tap av førarrett skal samsvare med lovforståinga til Sivilombodet og domstolane.

Høgsterett stadfesta i ein dom frå oktober 2021 at omsynet til trafikktryggleiken tilseier ein streng praksis, men òg at tilbakekall av førarretten, i lys av dei konsekvensane det har for innehavaren, skal nyttast på ein balansert måte og i tråd med formålet bak regelen. For å kunne kalle tilbake førarretten må forvaltninga ha konkrete og objektive haldepunkt for at det ligg føre ein rimeleg risiko for køyring i påverka tilstand. Justis- og beredskapsdepartementet følgjer den rettslege tilstanden tett, i dialog med Samferdselsdepartementet som forvaltningsansvarleg for vegtrafikklova.

Regjeringa held fram med arbeidet med ein nullvisjon, der målet er at det ikkje skal førekomme ulukker med drepne og hardt skadde i vegtrafikken. Reglane knytte til ruspåverknad og korleis det påverkar køyring, skal vere strenge, og politiet legg ned ein omfattande førebyggjande innsats for å redusere køyring i ruspåverka tilstand.

Unntak frå forelding for seksuallovbrot mot barn

Vedtak nr. 1159, 7. juni 2021

«Stortinget ber regjeringen legge frem forslag til lovendringer som fjerner foreldelsesfristen for alle typer seksualforbrytelser mot barn.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:273 S (2020–2021) og Innst. 634 S (2020–2021).

Vedtaket er under behandling. Sjå òg vedtak nr. 50 av 3. november 2020.

Internasjonale kriminelle organisasjonar

Vedtak nr. 1161, 11. juni 2021

«Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget med strengere regler dersom det nye regelverket ikke i tilstrekkelig grad hindrer etableringer av internasjonale kriminelle gjenger og mafiaorganisasjoner.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 190 L (2020–2021) og Innst. 629 L (2020–2021).

Vedtaket er under behandling. Departementet vil vurdere om det er behov for strengare reglar når dei nye føresegnene har fått verke i noko tid.

Tilgang på straffeprosessuelle tvangsmiddel

Vedtak nr. 1162, 11. juni 2021

«Stortinget ber regjeringen utrede særskilt om politiet bør gis tilgang på straffeprosessuelle tvangsmidler ut over det den foreslåtte strafferammen på tre års fengsel for deltagelse, rekruttering eller videreføring av en kriminell sammenslutning, tilsier.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 190 L (2020–2021) og Innst. 629 L (2020–2021).

Vedtaket er under behandling. Departementet vil vurdere behovet for fleire straffeprosessuelle tvangsmiddel når dei gjeldande føresegnene har fått verke i noko tid.

Kompensasjonsordning for tapt arbeidsforteneste for frivillige i redningstenesta

Vedtak nr. 1343, 18. juni 2021

«Stortinget ber regjeringen i forbindelse med statsbudsjettet for 2022 legge frem en vurdering av om det bør innføres en kompensasjonsordning for tapt arbeidsfortjestene for frivillige som blir anmodet av nødetatene om å bistå i redningsoppdrag.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 195 S (2020–2021) og Innst. 600 S (2020–2021).

Vedtaket er under behandling. Det vil krevje ei utgreiing før ein får oversikt over og kunnskap om kva eit slikt tiltak vil bety for redningstenesta, og kva utgiftene vil vere for staten. Departementet har enno ikkje teke stilling til om ei slik utgreiing skal setjast i verk. Det er både fordelar og ulemper med å innføre ei kompensasjonsordning for tapt arbeidsforteneste for frivillige. Regjeringa ønskjer å leggje til rette for at dei frivillige organisasjonane held oppe og styrker posisjonen sin innanfor norsk redningsberedskap (sjå òg Meld. St. 10 (2016–2017)). Samstundes bør det vere eit tydeleg skilje mellom offentlege og frivillige ressursar.

1.10.5 Stortingssesjon 2019–2020

Elektroniske fraktbrev

Vedtak nr. 436, 31. mars 2020

«Stortinget ber regjeringen sikre at nye elektroniske fraktbrev som er planlagt i CRM-direktivet, gjøres obligatoriske.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 11 LS (2019–2020) og Innst. 214 S (2019–2020).

Vedtaket er under behandling.

Reklamasjonsfrist på bustader

Vedtak nr. 515, 21. april 2020

«Stortinget ber regjeringen utrede om reklamasjonsfristen på nyoppførte boliger skal økes fra fem til ti år, samt konsekvensene av en eventuell utvidelse.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 25 (2018–2019) og Innst. 171 S (2019–2020).

Vedtaket er under behandling. EU har nyleg vedteke nye forbrukarvernreglar som kan gjere det aktuelt å vurdere norske reglar om absolutte reklamasjonsfristar i ein større samanheng.

1.10.6 Stortingssesjon 2017–2018

Utanlandsopphald

Vedtak nr. 788, 29. mai 2018

«Stortinget ber regjeringen foreslå tydeliggjøring av hjemler i straffeloven som holder foreldre ansvarlige dersom barn sendes på utenlandsopphold mot sin vilje.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:118 S (2017–2018) og Innst. 260 S (2017–2018) frå justiskomiteen om tiltak mot sosial kontroll og æresvald.

Vedtaket er under behandling. Sjå òg omtale under vedtak nr. 712 av 9. mars 2021.

Eige lovverk for Statens barnehus

Vedtak nr. 795, 29. mai 2018

«Stortinget ber regjeringen fremme forslag om et eget lovverk for Statens barnehus som sikrer ivaretakelse av hele mandatet til Statens barnehus.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:140 S (2017–2018) og Innst. 316 S (2017–2018).

Vedtaket er under behandling. Departementet vil setje i gang eit utgreiingsarbeid om eige lovverk for Statens barnehus i samarbeid med Politidirektoratet. Oppstart av ei slik utgreiing vil skje etter at Politidirektoratet har avslutta revisjonen av Felles retningslinjer for Statens barnehus i samarbeid med Helsedirektoratet og Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet.

1.10.7 Stortingssesjon 2016–2017

Korrupsjonsføresegnene i straffelova

Vedtak nr. 523, 23. mars 2017

«Stortinget ber regjeringen fremme forslag om endring av straffeloven som innebærer at for overtredelser av straffelovens korrupsjonsbestemmelser kan foretaket også straffes når handlingen er utført av noen som gjennom sine forbindelser med selskapet må assosieres med det. Det må vurderes straffefrihet for selskap som har gjort det de kan for å forebygge korrupsjon.»

Dokumentet som ligg til grunn for vedtaket, er Innst. 191 L (2016–2017) frå justiskomiteen om å utvide ansvaret som selskap har for korrupsjonshandlingar.

Vedtaket er under behandling. Justis- og beredskapsdepartementet har gitt ein fagperson i oppdrag å drøfte dei aktuelle spørsmåla og komme med forslag til lovendringar. Rapporten vart overlevert i mai 2021 og send på høyring 12. oktober 2021, med høyringsfrist 11. januar 2022. Rapporten er no til oppfølging i departementet.

Utgifter fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2023

Saldert budsjett 2024

Forslag 2025

Endring i pst.

Administrasjon

400

Justis- og beredskapsdepartementet

701 231

669 166

624 299

-6,7

Sum kategori 06.10701 231669 166624 299-6,7

Rettsvesen

61

Høyesterett

136 646

137 706

140 344

1,9

410

Domstolene

3 156 357

3 231 263

3 423 526

6,0

411

Domstoladministrasjonen

86 210

89 894

91 842

2,2

414

Forliksråd og andre domsutgifter

362 911

396 886

419 353

5,7

Sum kategori 06.203 742 1243 855 7494 075 0655,7

Straffegjennomføring og konfliktråd

430

Kriminalomsorgen

5 674 742

5 936 924

6 300 399

6,1

431

Kriminalomsorgsdirektoratet

159 196

161 980

176 520

9,0

432

Kriminalomsorgens høgskole og utdanningssenter

238 568

238 391

252 138

5,8

433

Konfliktrådet

182 428

199 139

221 124

11,0

Sum kategori 06.306 254 9346 536 4346 950 1816,3

Politi og påtalemyndighet

440

Politiet

22 471 662

22 670 106

25 543 066

12,7

441

Politidirektoratet

403 974

382 659

383 084

0,1

442

Politihøgskolen

691 727

689 124

713 726

3,6

443

Påtalemyndigheten i politiet

1 527 436

1 508 500

1 642 655

8,9

444

Politiets sikkerhetstjeneste (PST)

1 617 562

1 534 912

1 812 712

18,1

445

Den høyere påtalemyndighet

355 291

386 124

393 959

2,0

446

Den militære påtalemyndighet

10 680

9 829

235

-97,6

448

Grensekommissæren

6 429

6 418

6 571

2,4

Sum kategori 06.4027 084 76127 187 67230 496 00812,2

Redningstjenesten, samfunnssikkerhet og beredskap

451

Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap

2 167 670

2 403 174

2 417 336

0,6

452

Sentral krisehåndtering

30 271

29 387

30 140

2,6

453

Sivil klareringsmyndighet

60 772

61 039

68 569

12,3

454

Redningshelikoptertjenesten

1 756 811

2 504 165

2 180 860

-12,9

455

Redningstjenesten

540 177

562 391

608 516

8,2

457

Nasjonal sikkerhetsmyndighet

514 702

457 173

542 997

18,8

Sum kategori 06.505 070 4036 017 3295 848 418-2,8

Andre virksomheter

460

Spesialenheten for politisaker

67 745

67 132

72 738

8,4

461

Advokattilsynet

65 500

100,0

466

Særskilte straffesaksutgifter m.m.

1 402 991

1 366 567

1 651 497

20,9

467

Norsk Lovtidend

7 855

8 750

10 886

24,4

468

Kommisjonen for gjenopptakelse av straffesaker

23 103

24 100

30 743

27,6

469

Vergemålsordningen

373 493

0,0

Sum kategori 06.601 875 1871 466 5491 831 36424,9

Statens sivilrettsforvaltning, rettshjelp, erstatningsordninger m.m.

470

Fri rettshjelp

736 565

908 566

963 395

6,0

471

Statens erstatningsansvar og Stortingets rettferdsvederlagsordning

163 841

237 418

276 702

16,5

473

Statens sivilrettsforvaltning

603 885

701 766

893 991

27,4

475

Bobehandling

140 481

139 424

154 746

11,0

Sum kategori 06.701 644 7721 987 1742 288 83415,2

Svalbardbudsjettet m.m.

480

Svalbardbudsjettet

412 489

406 548

477 000

17,3

481

Samfunnet Jan Mayen

59 072

61 175

62 678

2,5

Sum kategori 06.80471 561467 723539 67815,4

Beskyttelse og innvandring

490

Utlendingsdirektoratet

6 069 811

4 991 541

5 590 156

12,0

491

Utlendingsnemnda

294 623

295 333

294 706

-0,2

Sum kategori 06.906 364 4345 286 8745 884 86211,3

Sum utgifter

53 209 726

53 474 670

58 538 709

9,5

Inntekter fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2023

Saldert budsjett 2024

Forslag 2025

Endring i pst.

Administrasjon

3400

Justis- og beredskapsdepartementet

6 978

7 468

6 582

-11,9

Sum kategori 06.106 9787 4686 582-11,9

Rettsvesen

3061

Høyesterett

239

0,0

3410

Domstolene

262 717

290 095

244 482

-15,7

3411

Domstoladministrasjonen

547

313

325

3,8

Sum kategori 06.20263 503290 408244 807-15,7

Straffegjennomføring og konfliktråd

3430

Kriminalomsorgen

186 692

152 994

176 808

15,6

3432

Kriminalomsorgens høgskole og utdanningssenter

5 604

1 224

1 271

3,8

3433

Konfliktrådet

11

6

6

0,0

Sum kategori 06.30192 307154 224178 08515,5

Politi og påtalemyndighet

3440

Politiet

1 912 877

2 433 844

2 423 561

-0,4

3442

Politihøgskolen

39 168

36 277

37 655

3,8

3444

Politiets sikkerhetstjeneste (PST)

12 937

16 154

16 768

3,8

Sum kategori 06.401 964 9822 486 2752 477 984-0,3

Redningstjenesten, samfunnssikkerhet og beredskap

3451

Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap

896 740

962 693

922 290

-4,2

3453

Sivil klareringsmyndighet

800

100,0

3454

Redningshelikoptertjenesten

29 968

31 287

32 476

3,8

3455

Redningstjenesten

2 259

0,0

3457

Nasjonal sikkerhetsmyndighet

48 663

36 893

37 495

1,6

Sum kategori 06.50977 6301 030 873993 061-3,7

Andre virksomheter

3461

Advokattilsynet

65 500

100,0

3469

Vergemålsordningen

8 550

0,0

Sum kategori 06.608 55065 500100,0

Statens sivilrettsforvaltning, rettshjelp, erstatningsordninger m.m.

3470

Fri rettshjelp

9 015

10 441

10 837

3,8

3473

Statens sivilrettsforvaltning

587

6 505

6 752

3,8

Sum kategori 06.709 60216 94617 5893,8

Svalbardbudsjettet m.m.

3481

Samfunnet Jan Mayen

7 364

7 137

7 408

3,8

Sum kategori 06.807 3647 1377 4083,8

Beskyttelse og innvandring

3490

Utlendingsdirektoratet

3 760 469

2 751 819

3 230 128

17,4

Sum kategori 06.903 760 4692 751 8193 230 12817,4

Sum inntekter

7 191 385

6 745 150

7 221 144

7,1

Fotnotar

1.

Befolkningsundersøkinga til DSB for 2024.

2.

Nasjonal trusselvurdering 2024

3.

Det er her snakk om førstegongsinnvandrarar med ikkje-nordisk statsborgarskap.

Til forsida