Del 3
Omtale av særlege tema
5 Forsking og utvikling i statsbudsjettet
Innleiing
Regjeringa har høge ambisjonar for forsking og høgare utdanning. Dette er uttrykt i langtidsplanen for forsking og høgare utdanning (2023–2032) og i forslaget til statsbudsjett for 2025. Langtidsplanen inneheld regjeringa sine overordna mål og prioriteringar for tiårsperioden.
Det er viktig å utnytte samspelet mellom nasjonale prioriteringar og internasjonale satsingar. Noreg har eit utstrekt internasjonalt samarbeid innanfor forsking og høgare utdanning, jf. Strategi for norsk deltagelse i Horisont Europa og det europeiske forskningsområdet (2021–2027), Erasmus+ og det europeiske utdanningsområdet (2021–2027) og Panorama – strategi for høyere utdannings- og forskningssamarbeid med Brasil, Canada, India, Japan, Kina, Sør-Afrika, Sør-Korea og USA (2021–2027). I dette kapittelet blir det gitt omtalar av forsking- og utviklingsinnsatsen i statsbudsjettet for 2025 og oppfølging av langtidsplanen.
FoU-innsatsen i statsbudsjettet og utviklinga i FoU-innsatsen
Forsking og utvikling i statsbudsjettet for 2025
Eit førebels overslag viser at dei samla løyvingane til forsking og utvikling (FoU) i budsjettforslaget til regjeringa for 2025 er på om lag 48,5 mrd. kroner. Det utgjer 0,89 pst. av overslaget for bruttonasjonalprodukt (BNP) i 2025. Dette er ein nominell auke på om lag 180 mill. kroner frå saldert budsjett 2024, og det er ein realnedgang på 3,5 pst. Overslaget er gjort med bakgrunn i statsbudsjettanalysen for 2024 frå Statistisk sentralbyrå (SSB). Dersom ein inkluderer Skattefunn-ordninga, blir den offentlege FoU-innsatsen på om lag 52,2 mrd. kroner i 2025. Inkludert provenyeffekten av Skattefunn utgjer FoU-innsatsen 0,96 pst. av overslaget for BNP i 2025. Tabellen nedanfor viser løyvingane til FoU i statsbudsjettet fordelte på departement. Overføringar til folketrygda, Statens pensjonsfond utland og brutto låne- og avdragstransaksjonar er haldne utanfor. Tala er svært usikre, og endelege tal for FoU-løyvingane i statsbudsjettet vil bli lagde fram sommaren 2025.
Tabell 5.1 Overslag over løyvingane til FoU i statsbudsjettet
(i mill. kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Departement | Saldert budsjett 2024 | Forslag 2025 | Nominell endring 2024–2025 | Reell endring 2024–2025 |
Arbeids- og inkluderingsdepartementet | 413 | 414 | 1 | –15 |
Barne- og familiedepartementet | 256 | 218 | –38 | –48 |
Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet | 2 406 | 2 893 | 487 | 390 |
Energidepartementet | 952 | 953 | 1 | –37 |
Finansdepartementet | 177 | 187 | 10 | 3 |
Forsvarsdepartementet | 1 560 | 2 073 | 513 | 449 |
Helse- og omsorgsdepartementet | 6 398 | 6 771 | 373 | 114 |
Justis- og beredskapsdepartementet | 168 | 177 | 9 | 2 |
Klima- og miljødepartementet | 1 389 | 1 493 | 104 | 47 |
Kommunal- og distriktsdepartementet | 277 | 300 | 23 | 12 |
Kultur- og likestillingsdepartementet | 387 | 394 | 7 | –9 |
Kunnskapsdepartementet | 25 794 | 24 773 | –1 021 | –2 066 |
Landbruks- og matdepartementet | 946 | 1 007 | 61 | 23 |
Nærings- og fiskeridepartementet | 4 779 | 4 535 | –244 | –438 |
Samferdselsdepartementet | 376 | 336 | –40 | –55 |
Statsbankane | 586 | 598 | 12 | –12 |
Utanriksdepartementet | 1 459 | 1 382 | –77 | –136 |
Totalt | 48 323 | 48 503 | 180 | –1 777 |
Nedgangen i FoU-løyvingane over Kunnskapsdepartementets budsjett skriv seg i hovudsak frå ein reduksjon i løyvingsbehovet til Noregs kontingent til EUs rammeprogram for forsking og innovasjon. Hovudårsaka til reduksjonen er endra valutakurs og lågare proporsjonalitetsfaktor.
Veksten i FoU-løyvingane over Forsvarsdepartementets budsjett kjem i hovudsak av den betydelege satsinga på FoU i oppfølginga av den nye langtidsplanen for forsvarssektoren.
Veksten i FoU-løyvingane over Digitaliserings- og forvaltningsdepartementets budsjett skriv seg i hovudsak frå auka løyvingsbehov til byggeprosjekt i tråd med framdrift i prosjekta.
Nedgangen i FoU-løyvingane over Nærings- og fiskeridepartementets budsjett kjem i hovudsak av anslagsendringar i løyvinga til dei industriretta programma i European Space Agency (ESA).
Overgangen til ny budsjettmodell i Noregs forskingsråd gjer at løyvingsbehovet over tilskotspostar til Forskingsrådet frå fleire departement er lågare i 2025 enn i 2024. Dette påverkar FoU-løyvingane negativt for fleire departement.
Utvikling i dei offentlege løyvingane til FoU i statsbudsjettet
I Hurdalsplattforma skriv regjeringa at ho vil vidareføre treprosentmålet i forskingspolitikken og legge fram ein strategi for at forsking og utvikling i næringslivet skal utgjere 2 pst. av BNP innan 2030. Denne strategien la regjeringa fram våren 2024, sjå omtale i innleiinga til programkategori 07.60 Høgare utdanning og forsking. Tabell 5.2 syner utviklinga i løyvingane til FoU i statsbudsjettet frå 2011 til 2025. Overslaga for 2025 er usikre. FoU er berekna til 0,89 pst. av anslått BNP. Dette er ein nedgang samanlikna med siste overslag for 2024.
Tabell 5.2 Overslag over løyvingane til FoU i statsbudsjettet i perioden 2011–2025
År | Totalt, løpande prisar, mill. kroner | Nominell vekst, mill. kroner | Prosentvis vekst, løpande prisar | Prosentvis vekst, faste prisar | Prosentdel av BNP | Prosentdel av BNP, inkl. Skattefunn |
---|---|---|---|---|---|---|
2011 | 23 551 | 575 | 2,5 | –1,7 | 0,84 | 0,88 |
2012 | 24 489 | 938 | 4,0 | 0,2 | 0,82 | 0,87 |
2013 | 26 375 | 1 886 | 7,7 | 4,3 | 0,85 | 0,90 |
2014 | 28 311 | 1 936 | 7,3 | 4,7 | 0,90 | 0,96 |
2015 | 30 769 | 2 458 | 8,7 | 5,9 | 0,98 | 1,08 |
2016 | 32 979 | 2 210 | 7,2 | 4,9 | 1,06 | 1,18 |
2017 | 35 848 | 2 869 | 8,7 | 6,7 | 1,08 | 1,20 |
2018 | 36 612 | 764 | 2,1 | –0,8 | 1,02 | 1,14 |
2019 | 38 179 | 1 567 | 4,3 | 1,3 | 1,06 | 1,18 |
2020 | 39 194 | 1 015 | 2,7 | 1,1 | 1,13 | 1,24 |
2021 | 40 772 | 1 578 | 4,0 | 2,1 | 0,94 | 1,03 |
2022 | 42 430 | 1 658 | 4,1 | –1,8 | 0,74 | 0,81 |
2023 | 43 981 | 1 551 | 3,7 | –1,9 | 0,86 | 0,92 |
2024 | 48 323 | 4 342 | 9,9 | 4,9 | 0,93 | 1,00 |
2025 | 48 503 | 180 | 0,4 | –3,5 | 0,89 | 0,96 |
Figur 5.1 samanliknar tal frå FoU-statistikken og tal frå statsbudsjettanalysen. Sidan statsbudsjettanalysen tek utgangspunkt i formålet med løyvingane, kan han bli produsert tidlegare enn FoU-statistikken. SSB har anslått FoU-løyvingane i 2024 til 48,3 mrd. kroner. Det er 0,93 pst. av anslått BNP for 2024. I tillegg kjem støtta til FoU gjennom Skattefunn-ordninga, berekna til 3,5 mrd. kroner i 2024. FoU-løyvingane i statsbudsjettet er viste i faste prisar i det grå feltet i figur 5.1. Den heiltrekte linja i figuren viser FoU-løyvingane i pst. av BNP.
Dei samla FoU-investeringane i Noreg
Nivået på FoU-investeringar målt som prosentdel av BNP er ein indikator på graden av kunnskapsintensitet i økonomien. Regjeringa har som mål at den totale utførte FoU-innsatsen i Noreg skal utgjere 3 pst. av BNP innan 2030, der 1 pst. skal finansierast av det offentlege og 2 pst. av næringslivet. I 2016 utgjorde dei totale FoU-utgiftene for første gong over 2 pst. av BNP. Når målet for FoU-investeringane er fastsett som ein prosentdel av BNP, må dette vurderast over tid og med utgangspunkt i ein normalsituasjon, ikkje i unntakssituasjonar som gir sterke positive eller negative utslag.
Dei samla FoU-investeringane i Noreg har hatt tilnærma kontinuerleg vekst gjennom dei siste 50 åra. Som del av BNP har FoU-utgiftene lege relativt stabilt på rundt 1,5 pst. sidan 1990-åra. Det var ein stor auke i prosentdelen i perioden 2014–2017. FoU av BNP nådde det høgaste nivået i 2020 med 2,24 pst. Dette skriv seg frå ein nedgang i BNP-overslaga på grunn av pandemien. Dei samla FoU-utgiftene i Noreg i 2022 var på totalt 88,9 mrd. kroner. Dette utgjorde 1,56 pst. av BNP, ein nedgang frå 1,89 pst. i 2021. Dette er det lågaste nivået sidan 2008. Nedgangen kjem av at BNP auka langt kraftigare enn FoU-utgiftene. Frå 2021 til 2022 var det ein realvekst på 3 pst. i dei samla FoU-utgiftene.
FoU-statistikken er basert på oppgåver frå dei sektorane som faktisk utførte FoU i Noreg. Neste samla statistikkoppdatering kjem i oktober 2024.
Noregs forskingsråd
Noregs forskingsråd speler ei sentral rolle i det norske forskings- og innovasjonssystemet. Forskingsrådet har ei omfattande verksemd når det gjeld finansiering, rådgiving og møteplassfunksjon. Kunnskapsdepartementet har etatsstyringsansvaret for Forskingsrådet og ansvaret for at rådet når dei måla som er sette for heile verksemda. For nærare omtale av rådets verksemd og styringssystemet for Forskingsrådet, sjå programkategori 07.60 Høgare utdanning og forsking, kap. 285 Noregs forskingsråd. For omtale av omlegging til ny budsjettmodell, sjå kapittel 10.
Noregs forskingsråd får løyvingar frå alle departementa. Tildelingane frå departementa omfattar både generelle faglege tildelingar, instituttildelingar og særskilde midlar til einskilde program eller aktivitetar. Tabellen nedanfor viser ei oversikt over løyvingane i 2024, og løyvingsforslag for 2025-budsjettet. For ei meir detaljert skildring av løyvingane, sjå budsjettproposisjonane for dei ulike departementa.
Tabell 5.3 Løyvingar til Noregs forskingsråd
(i mill. kr) | ||
---|---|---|
Departement | Saldert budsjett 2024 | Forslag 2025 |
Arbeids- og inkluderingsdepartementet | 165,2 | 172,3 |
Barne- og familiedepartementet | 50,8 | 52,5 |
Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet | 151,1 | 83,2 |
Finansdepartementet | 39,3 | 38,4 |
Forsvarsdepartementet | 22,0 | 65,0 |
Helse- og omsorgsdepartementet | 413,1 | 428,8 |
Justis- og beredskapsdepartementet | 69,1 | 81,7 |
Klima- og miljødepartementet | 651,1 | 692,7 |
Kommunal- og distriktsdepartementet | 63,7 | 82,9 |
Kultur- og likestillingsdepartementet | 30,5 | 21,1 |
Kunnskapsdepartementet | 5 374,6 | 5 252,7 |
Kunnskapsdepartementet, driftsutgifter | 766,9 | 851,3 |
Landbruks- og matdepartementet | 391,9 | 417,3 |
Nærings- og fiskeridepartementet | 2 263,5 | 2 138,1 |
Energidepartementet | 933,2 | 966,0 |
Samferdselsdepartementet | 145,2 | 118,3 |
Utanriksdepartementet | 246,9 | 253,4 |
Totalt | 11 778,2 | 11 715,8 |
Langtidsplan for forsking og høgare utdanning 2023–2032
Langtidsplanen for forsking og høgare utdanning er det sentrale og retningsgivande dokumentet for regjeringa sitt arbeid med forsking og høgare utdanning. Stortinget har slutta seg til planen, jf. Innst. 170 S (2022–2023). Tre overordna mål og seks tematiske prioriteringar i planen gjeld for norsk forsking og høgare utdanning i perioden 2023–2032.
Dei tre overordna måla er:
styrkt konkurransekraft og innovasjonsevne
miljømessig, sosial og økonomisk berekraft
høg kvalitet og tilgjengelegheit i forsking og høgare utdanning
Dei seks tematiske prioriteringane er:
hav og kyst
helse
klima, miljø og energi
mogleggjerande og industrielle teknologiar
samfunnstryggleik og beredskap
tillit og fellesskap
Dei utdannings- og forskingsutførande aktørane, som til dømes Forskingsrådet, universitet og høgskular, helseføretak og instituttsektoren, følger opp planen. Oppfølgingsarbeidet blir òg gjort med løyvingar frå andre departement og av verksemder under desse. Sjå programkategori 07.60 Høgare utdanning og forsking for nærare omtale av løyvingsforslag under Kunnskapsdepartementet som følger opp planen. I denne delen blir det gitt ein omtale av regjeringa sitt samla arbeid med oppfølging av måla og prioriteringane.
Overordna mål
Måla er formulerte på eit overordna nivå, og dei er meinte å vere langsiktige.
Styrkt konkurransekraft og innovasjonsevne
Forsking og utvikling er avgjerande innsatsfaktorar for å framstille og omsette kunnskap til innovasjon og høgare produktivitet. Norsk næringsliv har hatt vekst i FoU-investeringane over det siste tiåret. Regjeringa meiner at ei ytterlegare styrking av FoU i næringslivet er heilt sentralt for å betre omstillingsevna og auke verdiskapinga framover. Regjeringa la derfor i april 2024 fram Strategi for å auke næringslivets investeringar i FoU. Strategien er ei oppfølging av punktet i Hurdalsplattforma om at FoU i næringslivet skal utgjere 2 pst. av BNP innan 2030.
Gjennom Grøn plattform, som er ein felles konkurransearena i regi av Noregs forskingsråd, Innovasjon Noreg og Siva, kan bedrifter og forskingsinstitutt få stønad gjennom tre år til å gjennomføre forskings- og innovasjonsdriven grøn vekst og omstilling. Det blei lyst ut 1,125 mrd. kroner til treårige prosjekt under Grøn plattform i 2020, inntil 750 mill. kroner i 2022 og inntil 600 mill. kroner i 2023. Det har ikkje vore utlysing i Grøn plattform i 2024. Regjeringa vil vidareføre Grøn plattform i 2025 og legg opp til ei utlysing på 823,5 mill. kroner til treårige prosjekt i perioden 2025–2027.
Deltaking i EUs rammeprogram for forsking og innovasjon er den største einskildsatsinga frå norske myndigheiter innanfor internasjonalt forskings- og innovasjonssamarbeid, og det gir tilgang på ny kunnskap, teknologi, nettverk, marknader og infrastruktur for norske bedrifter. Per mai 2024 ligg norsk returdel i Horisont Europa på 3,29 pst., som er godt over målet på 2,8 pst. Forskingsrådet og Innovasjon Noreg vil framover halde fram arbeidet for å mobilisere norske deltakarar og få på plass eit godt samspel mellom nasjonale verkemiddel og EU-verkemiddel.
Miljømessig, sosial og økonomisk berekraft
Berekraftsmåla spelar ei stadig viktigare rolle i det norske forskings- og innovasjonssystemet. Det blir kontinuerleg utvikla ny kunnskap som bidreg til at samfunnet kan møte behova for miljømessig, sosial og økonomisk berekraft – i universitets- og høgskulesektoren, i instituttsektoren, i næringslivet og i helseføretaka. Ei rekke nasjonale og internasjonale verkemiddel på tvers av departementa bidreg til ei heilskapleg tilnærming til kunnskapsbehova.
Meld. St. 14 (2022–2023) Utsyn over kompetansebehovet i Norge (utsynsmeldinga) slår fast at regjeringa framover mellom anna vil prioritere «kompetanse som er nødvendig for å gjennomføre det grønne skiftet», og universitets- og høgskulelova slår fast at universitet og høgskular skal «bidra til ei miljømessig, sosialt og økonomisk berekraftig utvikling». Universiteta og høgskulane har ansvar for at utdanningstilbodet og ressursbruken bidreg til å nå desse målsetjingane. Fleirtalet av institusjonane formulerer eigne mål for berekraft i utviklingsavtalane sine og bidreg gjennom den daglege verksemda si med å få fram ny kunnskap og utdanne kandidatar som gjer Noreg betre rusta til å løyse berekraftsutfordringane nasjonalt og internasjonalt.
Noregs internasjonale kunnskapssamarbeid står sentralt i arbeidet med miljømessig, sosial og økonomisk berekraft. Regjeringa har som mål at samarbeid med Panoramalanda skal bidra med forskingsbasert kunnskap, utdanning og innovasjon som vil fremje berekraftige løysingar. Noreg deltek aktivt i Det europeiske forskingsområdet og i Horisont Europa, som er med på å sikre norsk deltaking i EUs kunnskapssatsingar for den grøne og digitale omstillinga. Kunnskapssamarbeid gjennom Erasmus+ og Det europeiske utdanningsområdet er med på å fremje sosial inkludering og grøn omstilling.
Høg kvalitet og tilgjengelegheit i forsking og høgare utdanning
Det er ei sentral målsetjing for regjeringa at all norsk forsking og høgare utdanning har høg kvalitet. Regjeringa legg til rette for institusjonane sitt arbeid med kvalitet i fagmiljøa. Vidare stimulerer regjeringa til utvikling av særskilt framifrå forskingsmiljø. Det er dei einskilde institusjonane innanfor forsking og høgare utdanning som sjølve har ansvaret for kvaliteten.
Sentralt for forsking av høg kvalitet er at institusjonane har gode rammevilkår og gode rammeløyvingar, som sikrar institusjonane handlingsrom og fagleg fridom til å utvikle sine forskingsmiljø. Forskingsrådet fremjar høg kvalitet i forskinga mellom anna gjennom konkurranse, kvalitetssikring av forskingsprosjekt, brukarstøtte for søkarar til EUs rammeprogram, og gjennom fagevalueringar. I 2023 sette regjeringa i gang eit arbeid med ei stortingsmelding om forskingssystemet, som blir lagd fram for Stortinget våren 2025. Evna i fagmiljøa til å utdanne, rekruttere og halde på dyktige forskarar er ein viktig føresetnad for forsking av høg kvalitet. Regjeringa er oppteken av å styrke arbeidsvilkåra til vitskapleg tilsette. I 2024 slutta Stortinget seg til regjeringa sitt forslag til ny universitets- og høgskulelov, og det vart fastsett ny forskrift for tilsette ved norske universitet og høgskular. Formålet med desse arbeida har vore å medverke til at rammene for vitskapleg tilsette ved norske forskingsinstitusjonar blir meir føreseielege og langsiktige.
Tilgjengeleg utdanning av høg kvalitet er avgjerande for at den einskilde og samfunnet skal oppnå kompetansen som trengs for å løyse utfordringane som samfunnet står overfor. Hausten 2023 var det 296 000 registrerte studentar ved norske universitet og høgskular med finansiering frå Kunnskapsdepartementet. Det er 45 000 fleire samanlikna med 2014. Det er òg viktig at utdanning er tilgjengeleg for dei som ikkje kan studere ved ein fast campus. Frå 2014 til 2023 har talet på studentar på nettbaserte eller desentraliserte studietilbod nesten dobla seg, frå 17 000 til 30 900 studentar. I perioden 2022–2024 har regjeringa tildelt midlar til meir studiekapasitet innanfor prioriterte område, tilsvarande ein årleg auka opptakskapasitet på 950 studieplassar. Hovudvekta av plassane er blitt fordelte til utdanningar innanfor helse- og sosialfag, inkludert sjukepleie og medisin, og IKT. Auken i studieplassar til desse områda er i tråd med dei tematiske prioriteringane i langtidsplanen og prioriteringane uttalt i utsynsmeldinga. I 2025 foreslår regjeringa 60 nye studieplassar i medisin.
Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) har forvalta fleire søknadsbaserte ordningar, tilskot og utviklingsmidlar retta mot tilgjengelegheit og kvalitet i utdanningstilboda i høgare utdanning. I 2023 tildelte HK-dir mellom anna 150 mill. kroner til fleksibel og desentralisert utdanning til utdanningsinstitusjonane og 50 mill. kroner til studiesenter. I tråd med tillitsreforma og det ansvaret som ligg til den einskilde institusjonen for å ivareta det langsiktige arbeidet med utdanning av høg kvalitet, flytta regjeringa i 2024 til saman 339 mill. kroner frå dei søknadsbaserte ordningane i HK-dir til rammeløyvinga til universiteta og høgskulane, inkludert 200 mill. kroner til desentralisert og fleksibel utdanning. I 2025 foreslår regjeringa at den søknadsbaserte ordninga for studiesenter blir ført vidare, men flytta frå Kunnskapsdepartementets til Kommunal- og distriktsdepartementets budsjett. Ordninga bidreg til at fleire kan ta utdanning frå universitet, høgskule eller fagskule utan å flytte eller reise langt. Vidare foreslår regjeringa å auke løyvinga til fleksibel og desentralisert utdanning med 120 mill. kroner i 2025. Sjå nærare omtale under kap. 260, post 50 og 70.
Våren 2024 la regjeringa fram to stortingsmeldingar om høgare utdanning, ei om regelverket for opptak til høgare utdanning og ei om profesjonsutdanningane. Gjennom tiltaka i meldingane vil regjeringa få folk raskare i gang med høgare utdanning, raskare ut i jobb og medverke til betre rekruttering til viktige profesjonar. Regjeringa vil òg heve kvaliteten og auke relevansen i profesjonsutdanningane.
Tematiske prioriteringar
Dei tematiske prioriteringane er utvalde område der regjeringa meiner det er særleg viktig at Noreg satsar på forsking og høgare utdanning i åra som kjem. Alle departementa bidreg gjennom sine løyvingar til oppfølging av prioriteringane. Forskingsrådet, som får tilskotsmidlar frå alle departementa, er ein sentral aktør i dette arbeidet. Sjå Forskingsrådet sin årsrapport for 2023 for ei samla oversikt over forskingsinnsats gjennom deira verksemd i 2023, fordelt på dei seks prioriteringane.
Hav og kyst
Det er dei siste åra lagt fram ei rekke stortingsmeldingar som har relevans for forskingsprioriteringa Hav og kyst, og fleire er under utarbeiding. Meldingar om havvind, klimatilpassing, mineralutvinning på havbotnen, havforvaltningsplanar, fiskekvotar og natur er lagt fram og blir følgde opp. Regjeringa arbeider med meldingar om tema som klima, dyrehelse og havbruk. I slutten av 2023 blei det inngått ein ny femårsavtale (2024–2028) for Ecosystem Approach to Fisheries (EAF) Nansen-programmet. Programmet er eit trepartssamarbeid mellom Direktoratet for utviklingssamarbeid (Norad), Havforskingsinstituttet (HI) og FNs mat og landbruksorganisasjon (FAO), og vert fullfinansiert av Noreg. Programmet bidreg til viktig kunnskapsinnhenting og kapasitetsbygging om fiskeriressursar og det marine miljøet i ei rekke utviklingsland.
Vekst i havnæringar, klimaendringar og økosystem i rask endring styrkar behova for kartlegging, overvaking og forsking og utvikling. Innsatsen gjennom Noregs forskingsråd innanfor Hav og kyst utgjorde 2,23 mrd. kroner i 2022 og 2,25 mrd. kroner i 2023. Tala inkluderer all innsats til Hav og kyst over Forskingsrådets budsjett inkludert grunnløyvingar til forskingsinstitutta. I tillegg vert det gjennomført mykje statleg FoU-innsats som ikkje går gjennom Forskingsrådet, mellom anna finansiering av kjerneoppgåvene til Havforskingsinstituttet, ulike kartleggingar og temasatsingar. Døme på dette er MAREANO-programmet som kartlegg havbotn i norske havområde, og Framsenteret som driv forsking for forvalting av nordområda.
Dei største endringane i innsats i 2024 og gjennom budsjettforslag for 2025, skjer knytt til kartlegging o.a. for havvind og havbotnmineralar. I 2024 er det gjennomført naturkartlegging av område som er aktuelle for utbygging av havvind. Undersøkingane dekker naturmangfald over vatn, på sjøbotnen og i havkolonnen. Regjeringa foreslår at kartlegginga held fram i 2025. Regjeringa foreslår å styrke innsatsen på ressurs- og miljøkartlegging knytt til kunnskapsgrunnlaget for mineralutvinning på havbotnen i 2025.
Helse
Samarbeid mellom helse- og omsorgstenestene og helsenæringa er viktig for å møte utfordringane innanfor helse framover. Derfor la regjeringa i 2023 fram Vegkart for helsenæringa. Eit av oppfølgingspunkta var at det blei lagd fram ei eksportsatsing innanfor helse, som kom i februar 2024.
Regjeringa vil i løpet av hausten 2024 legge fram ein kvinnehelsestrategi som skal bidra til å auke merksemda om kvinnehelse og kjønnsskilnader i helse. Helse- og omsorgsdepartementet har saman med Landbruks- og matdepartementet, Nærings- og fiskeridepartementet og Klima- og miljødepartementet gitt ei felles føring til Forskingsrådet om å legge til rette for forsking på tvers av sektorar og fagområde innanfor mat, sjømat, ernæring, helse og miljø, kor éin-helse perspektivet også vert ivareteke. Dette er òg viktig for å ha berekraftige matsystem.
Kunnskapsdepartementet og Helse- og omsorgsdepartementet prioriterte i budsjettet for 2024 å setje av 10 mill. kroner til etablering av Kommunane sitt strategiske forskingsorgan (KSF) i KS. Det blei òg sett av 103 mill. kroner til Forskingsrådet over Kunnskapsdepartementets budsjett for finansiering av forsking og innovasjon for å auke kunnskapen om og i den kommunale helse- og omsorgstenesta. Regjeringa la fram ei stortingsmelding om profesjonsutdanningane tidlegare i år. Meldinga legg mellom anna vekt på profesjonar som er viktige for personellutfordringane i helse- og omsorgstenesta.
Klima, miljø og energi
Prioriteringa blir i stor grad følgt opp gjennom løyvingar til Forskingsrådet, samt tildelingsbrev og styringssignal frå Klima- og miljødepartementet, Landbruks- og matdepartementet, Nærings- og fiskeridepartementet, Samferdselsdepartementet og Helse- og omsorgsdepartementet til verksemda. I 2023 tildelte Forskingsrådet 4 mrd. kroner til 2 052 prosjekt innanfor klima, miljø og energi. Dei førebelse tala for 2024 er noko høgare.
Regjeringa foreslår også å vidareføre arbeidet på fornybare energiløysingar, lågutsleppsteknologi og CO2-handtering gjennom Pilot-T, og tilskot til utsleppsfrie anleggsplassar i transportsektoren i 2025. Ei ny senterordning, Transport 2050, skal gi betre kunnskap og verktøy for planlegging og prioritering som er i tråd med målet om at Noreg skal bli eit lågutsleppssamfunn i 2050.
I naturmeldinga foreslår regjeringa å etablere ei senterordning for forsking på berekraftig natur- og arealbruk i Noregs forskingsråd. Det pågår i dag eit arbeid med å vidareutvikle eit effektivt og tilgjengeleg miljødatasystem for forsking og forvalting. I 2025 foreslår regjeringa å styrke dette arbeidet gjennom mellom anna auka IT-kompetanse i Miljødirektoratet. Regjeringa foreslår også å sikre vidare forsking i Antarktis gjennom oppgradering av Trollstasjonen. Samfunnsoppdraget om berekraftig fôr vil bli følgt opp med auka midlar til Forskingsrådet, jf. nærare omtale under.
Mogleggjerande og industrielle teknologiar
Prioriteringa vektlegg grunnforsking på fagområde som er nødvendige for å utvikle mogleggjerande og industrielle teknologiar. Innsatsen legg grunnlaget for bruk av teknologiane på dei andre prioriterte områda i langtidsplanen. Prioriteringa blir i stor grad følgd opp gjennom løyvingar til Forskingsrådet frå ei rekke ulike departement.
Regjeringa foreslår å styrke forskinga på kvanteteknologi gjennom Forskingsrådet slik at den årlege løyvinga på sikt blir 70 mill. kroner høgare enn dagens innsats. Av dette skal 30 mill. kroner kome over Kunnskapsdepartementets budsjett og 40 mill. kroner kome over Forsvarsdepartementets budsjett. Satsinga skal innrettast slik at det blir bygd opp solide nasjonale fagmiljø av høg internasjonal kvalitet som vil kunne konkurrere og lykkast på andre arenaer. Sjå nærare omtale i kap. 285, post 71.
Regjeringa foreslår å løyve til saman 40 mill. kroner til trening, oppdatering og tilgjengeliggjering av norske og samiske språkmodellar hos Nasjonalbiblioteket, jf. omtale i kap. 273, post 50 i denne proposisjonen og i kap. 326, post 01 og 45 i Prop. 1 S (2024–2025) for Kultur- og likestillingsdepartementet. Som hovudregel skal Nasjonalbiblioteket tilby grunnmodellar som aktørar i offentleg sektor eller næringslivet kan vidareutvikle til å utføre nærare spesifiserte oppgåver, til dømes verktøy som effektiviserer saksbehandling eller kundestøtte, eller som støttar læring i skulen. Satsinga er ein del av arbeidet med å etablere ein nasjonal infrastruktur for kunstig intelligens, jf. tiltaka i regjeringas nye nasjonale strategi for digitalisering Vi bygger og trygger fremtidens digitale Norge.
Regjeringa skal utarbeide eit vegkart for teknologibasert næringsliv som etter planen skal lanserast hausten 2024. Vegkartet skal legge vekt på såkalla djupe teknologiar – eit omgrep som kunstig intelligens, kvanteteknologi og nevroteknologi fell inn under. Vegkartet skal hjelpe til med å beskrive det nye terrenget som veks fram, og korleis næringslivet, FoU-institusjonar og det offentlege saman kan navigere for å finne vegar til omstilling og verdiskaping.
I 2024-budsjettet sette regjeringa i gang ei satsing på forsking og innovasjon på framtidas databehandling – kunstig intelligens, digital tryggleik og samfunnskonsekvensar av teknologiutviklinga på 1 mrd. kroner over fem år. Satsinga blir utforma av Forskingsrådet som i 2024 mellom anna har utlyst midlar til forskingssenter for kunstig intelligens. I budsjettet for 2024 blei det i tillegg oppretta 100 nye studieplassar innanfor IKT.
Regjeringa sendte hausten 2023 NOU 2023: 18 Genteknologi i en bærekraftig fremtid på høyring. Regjeringa ved Klima- og miljødepartementet er no i gang med å vurdere høyringsinnspela og vil i samarbeid med Helse- og omsorgsdepartementet, Landbruks- og matdepartementet og Nærings- og fiskeridepartementet kome tilbake med forslag til vegen vidare.
Ei regjeringsoppnemnt arbeidsgruppe leia av Justis- og beredskapsdepartementet leverte i november 2023 ein rapport om behov for regulering av kunstig intelligens (KI) i Noreg. Rapporten inneheld ei rekke tilrådingar, og regjeringa arbeider for tida med å vurdere oppfølging av rapporten.
Samfunnstryggleik og beredskap
Prioriteringa strekker seg breitt over fagsektorar og handlar om kunnskapsbehova knytte til globale helsetrugslar, mattryggleik, drikkevatn og forsyningsrisiko, energiforsyningstryggleik, alvorlege naturhendingar, atomtryggleik og atomberedskap, tryggingspolitikk og ansvarleg internasjonalt kunnskapssamarbeid, teknologi og samfunnstryggleik, og kunnskap i kriser.
Kompetanseheving og forsking på samfunnstryggleik, nasjonal tryggleik og digital tryggleik har hatt høg prioritet i fleire år. Utviklinga i Noregs tryggingspolitiske omgivnader dei siste åra har likevel ført til eit sterkare behov for tryggleiks- og forsvarspolitisk forsking. Dette er særleg forankra i den nye langtidsplanen for Forsvaret. For å møte eit meir samansett trusselbilete legg regjeringa opp til eit stort FoU-løft med tydeleg forankra prioriteringar, der investering i infrastruktur og strukturelle tiltak for å bygge ned barrierane mellom sivil og militær sektor står sentralt.
Det er behov for meir samarbeid på tvers av sektorar for å kunne møte nye og samansette truslar. Nasjonalt tryggingsorgan (NSM), Forsvarets forskingsinstitutt (FFI) og Noregs forskingsråd har i eit felles oppdrag greidd ut korleis forskingssystemet må innrettast for å handtere skjermingsverdig og gradert forskings- og teknologisamarbeid. Forsvarsdepartementet og Kunnskapsdepartementet ser no på moglege løysingar saman med mellom anna Justis- og beredskapsdepartementet. I det vidare arbeidet blir det lagt vekt på å bygge opp sikker infrastruktur som gjer slik samhandling mogleg og å etablere ei ordning for sikkerheitsgodkjenning av forskingsaktørar som skal delta i skjermingsverdig og gradert forsking og utvikling. Regjeringa kjem tilbake til konkrete tiltak for å følge opp saka i melding om forskingssystemet frå forskings- og høgare utdanningsministeren, som blir lagt fram for Stortinget våren 2025.
EU arbeider for å auke strategisk autonomi og redusert avhengnad av produksjon av til dømes mikrochips i Asia, ettersom halvleiarar (mikrobrikker) er innsatsfaktorar i ei rekke produkt innanfor dei fleste fagsektorar. Regjeringa arbeider derfor med å sikre norsk deltaking i European Chips Act, som omfattar forsyningstryggleik for utvikling, produksjon og beredskap for tilgang til halvleiarar i Europa. Som ein del av dette arbeidet foreslår regjeringa å løyve 40 mill. kroner i ekstra midlar til norsk deltaking i partnarskapet Chips Joint Undertaking.
Tillit og fellesskap
Forskingsrådet har som oppfølging av langtidsplanen prioritert forsking som svarer på kunnskapsbehov under tillit og fellesskap. Innsatsen gjennom Forskingsrådet fordeler seg på fleire område: demokrati, styring og forvalting, kultur, sivilsamfunn og rolla til media, utdanning og livslang læring, utanforskap, inkludering, kulturmøte og migrasjon, og velferdstenester. Sidan 2020 har det vore ein auke i strategiske investeringar innanfor målområdet. I 2023 var den strategiske, målretta innsatsen, primært gjennom prioriteringar i utlysingar, på 637 mill. kroner. I tillegg var det i 2023 821 mill. kroner av forskingsinnsatsen i Forskingsrådet sine porteføljer som òg bidrog til målområdet.
I tillegg til løyvingane frå Forskingsrådet har mange av universiteta og høgskulane eigne satsingar på dette området. Både Universitetet i Oslo, Universitetet i Bergen og OsloMet har til dømes større forskingssatsingar om demokrati. Når det gjeld høgare utdanning, peikar langtidsplanen på at det er behov for styrking av profesjonsutdanningar innanfor relevante område, under dette særleg barnevern, lærarar i distrikta og lærarar med samisk språk. Regjeringa hadde ei omfattande behandling av profesjonsutdanningane i Meld. St. 19 (2023–2024) Profesjonsnære utdanningar over heile landet, som vart lagd fram våren 2024. For lærarutdanninga vart det også arbeidd med ein eigen rekrutteringsstrategi i samarbeid med aktørane på feltet. Det er òg sett i verk særlege tiltak for å kvalifisere fleire samisklærarar, jf. Meld. St. 13 (2022–2023) Samisk språk, kultur og samfunnsliv, og omtale av oppfølginga under mellom anna kap. 260. Regjeringa ser med bekymring på rekrutteringssituasjonen for lærar- og sjukepleiarutdanningane, og vil vurdere fleire tiltak.
Når det gjeld forsking om likestilling og diskriminering, koordinerer Kultur- og likestillingsdepartementet arbeidet med ein tverrsektoriell strategi. Det er etablert ein interdepartemental arbeidsgruppe, og Forskingsrådet har fått i oppdrag frå Kultur- og likestillingsdepartementet å vere sekretariat for strategiarbeidet. Hausten 2024 vil Forskingsrådet lyse ut 10 mill. kroner til doktorgradsstipendiatar i offentleg sektor (OFFPHD) innanfor likestilling og diskriminering. Formålet er å bidra til auka kompetanse på desse områda innanfor offentleg verksemd.
Eit viktig tiltak innanfor prioriteringa tillit og fellesskap er samfunnsoppdraget Inkludering av fleire barn og unge i utdanning og arbeids- og samfunnsliv, sjå nærare omtale nedanfor.
Kunnskapssystemet
Eit forskingssystem i god balanse
Det er eit politisk ansvar å legge til rette for at Noreg har eit velfungerande forskingssystem, slik at vi samla sett når dei tre overordna måla i forskingspolitikken. I langtidsplanen varsla regjeringa at ho vil legge fram ei melding til Stortinget om forskingssystemet våren 2025. Forskingssystemet må rustast for framtida, og Kunnskapsdepartementet arbeider etter fem hovudspor i meldingsarbeidet: digitalt teknologiskifte, ny geopolitisk situasjon, ta kunnskap raskare i bruk, betre samspel mellom dei forskande sektorane, og behov for betre tverrsektoriell samordning i heile landet.
Samfunnsoppdraga
Noreg deltek aktivt i EU sine fem samfunnsoppdrag. Dei fem oppdraga, som alle har mål som skal nåast innan 2030 er: tilpassing til klimaendringar inkludert samfunnsendring, kreft, sunne hav, kystområde og vassdrag, klimanøytrale og smarte byar, og jordhelse.
I langtidsplanen blei samfunnsoppdrag som verkemiddel lansert i Noreg gjennom to målretta nasjonale samfunnsoppdrag. I behandlinga av planen ba Stortinget i ein fleirtalsmerknad om at regjeringa kjem tilbake i budsjettproposisjonen for 2024 med omtale av oppfølginga av dei nye samfunnsoppdraga, jf. Innst. 170 S (2022–2023). I fleirtalsmerknaden blei det òg fremja forslag om eit tredje samfunnsoppdrag retta inn mot sirkulære løysingar og meir berekraftig bruk av naturen, og dette blei knytt til digitalisering, som er ein sentral premiss for grøn omstilling.
Målretta samfunnsoppdrag er nyskapande og ambisiøse prosjekt der forsking blir kopla med andre verkemiddel for å løyse konkrete problem innanfor ein gitt tidsfrist gjennom tverrsektoriell og målretta innsats. Dei to nasjonale samfunnsoppdraga vil medverke til meir praktisk bruk av forskingsbasert kunnskap for å løyse krevjande og konkrete samfunnsutfordringar. Samfunnsoppdraga tek utgangspunkt i område som har høg prioritet for regjeringa, og der forskingsbasert kunnskap og kompetanse er nødvendig for å nå dei konkrete måla. Dei to samfunnsoppdraga er berekraftig fôr og inkludering av fleire barn og unge i utdanning og arbeids- og samfunnsliv.
Regjeringa fastsette våren 2024 tidfesta mål, delmål og vidare organisering av samfunnsoppdraget om berekraftig fôr. Forskingsrådet skal bidra til vidare framdrift og kontinuitet i samfunnsoppdraget. I budsjettet for 2025 foreslår regjeringa å styrke innsatsen for å følge opp samfunnsoppdraget med 15 mill. kroner. Forslaget omfattar 5 mill. kroner over Kunnskapsdepartementets budsjett. Midlane skal mellom anna dekke sekretariatsfunksjonen som Forskingsrådet skal vere vertskap for og ein nasjonal konferanse om berekraftig fôr, sjå omtale under kap. 285, post 21. I tillegg er det forslått å løyve 10 mill. kroner til ei fellesutlysing og kunnskapsoppsummering om berekraftig fôr til oppdrettsfisk og husdyr, fordelt med 5 mill. kroner frå Nærings- og fiskeridepartementet og 5 mill. kroner frå Landbruks- og matdepartementet. Sjå nærare omtale i Prop. 1 S (2024–2025) for Nærings- og fiskeridepartementet og Prop. 1 S (2024–2025) for Landbruks- og matdepartementet.
Regjeringa fekk våren 2024 overlevert forslag til tidfesta mål og delmål og vidare organisering av samfunnsoppdraget om inkludering av fleire barn og unge i utdanning og arbeids- og samfunnsliv frå den operative gruppa for dette samfunnsoppdraget, som vart leia av Forskingsrådet. Regjeringa tek sikte på å gå vidare med samfunnsoppdraget i 2025. Sjå nærare omtale i Prop. 1 S (2024–2025) for Barne- og familiedepartementet. Arbeidet med dette samfunnsoppdraget vert sett i samanheng med stortingsmeldinga om sosial mobilitet og inkludering som regjeringa arbeider med.
I 2024 har Regjeringa sett i gang ei utgreiing av behovet for eit samfunnsoppdrag om sirkulær økonomi, jf. omtale i Prop. 1 S (2024–2025) for Klima- og miljødepartementet.
Høgare utdanning og kompetansebehov
Høgare utdanning av god kvalitet er ein grunnleggande føresetnad for å vidareutvikle Noreg som eit demokratisk og berekraftig kunnskapssamfunn. Høgare utdanning har òg stor betydning for eigenutviklinga til den einskilde. Sidan 2023 har regjeringa lagt fram fleire tiltak som gjeld høgare utdanning og kompetansebehov. I utsynsmeldinga, jf. Innst. 472 S (2022–2023) og Meld. St. 14 (2022–2023) Utsyn over kompetansebehovet i Norge, peikar regjeringa på kompetanse som er nødvendig for eit høgproduktivt og konkurransedyktig næringsliv, kompetanse som er nødvendig for å gjennomføre det grøne skiftet, og kompetanse som er nødvendig for å ha gode velferdstenester i heile landet.
I profesjonsmeldinga, jf. Innst. 330 S (2023–2024) og Meld. St. 19 (2023–2024) Profesjonsnære utdanningar over heile landet la regjeringa fram fleire tiltak for å gjere profesjonsutdanningane, nærare bestemt lærar-, ingeniør- og helse- og sosialfagutdanningane meir fleksible og praksisnære. Mellom anna vil tiltaka i meldinga bidra til fleire vegar inn i utdanningane, meir fagleg fridom og meir erfaringsbasert kunnskap. I opptaksmeldinga, jf. Innst. 378 S (2023–2024) og Meld. St. 20 (2023–2024) Opptak til høgare utdanning la regjeringa fram forslag til endringar i regelverket for opptak til høgare utdanning. Målet med meldinga er mellom anna å bidra til at flest mogleg skal kome raskt i gang med høgare utdanning og ut i arbeid, ikkje minst i lærar- og sjukepleiarutdanningane.
Universiteta og høgskulane har ei sentral rolle i gjennomføringa av regjeringa sin politikk, under dette til å utdanne kandidatar med høg kompetanse som kan ivareta viktige samfunnsfunksjonar. Sjå omtale i kap. 260, post 50 og 70 for forslag om løyving til universiteta og høgskulane.
Open forsking og verdien av data
Forskingsresultat må ha høg kvalitet. Funna må vere robuste, og resultata må vere umiddelbart tilgjengelege for alle som treng dei. Det er framleis mange i forsking og nærings- og samfunnsliv som ikkje har open tilgang til offentleg finansierte vitskapelege artiklar. Internasjonalt ligg Noreg i front og om lag 80 pst. av offentleg finansierte forskingsartiklar i 2023 er gjort ope tilgjengeleg. Det er likevel framleis 20 pst. av artiklane som må opnast for at Noreg skal nå målet om 100 pst. open tilgang. Forskingsdata frå offentleg finansiert forsking må i all hovudsak reknast som offentleg informasjon på linje med data frå anna offentleg verksemd.
Forskingsdata skal vere så opne som mogleg, og så lukka som nødvendig. Omsyn til personvern, sikkerheit eller forretningsløyndom gjer at ikkje alle forskingsdata kan vere opne, men dei kan likevel gjerast gjenfinnbare, tilgjengelege, kompatible og moglege å gjenbruke for aktørar som har lov til å bruke dei. Stortinget har løyvd 280 mill. kroner i åra 2024–2025 til å oppgradere forskingsnettet, slik at ein kan flytte store datamengder raskt på ein sikker måte.
6 Nøkkeltal for grunnopplæringa
Innleiing
Kapittelet gir informasjon om utviklinga i talet på elevar, lærlingar og lærarar og ressursbruken i grunnopplæringa.
Kommunane og fylkeskommunane er ansvarlege for drifta av høvesvis grunnskulen og vidaregåande opplæring. Grunnskulen og den vidaregåande opplæringa blir i hovudsak finansierte gjennom dei frie inntektene til kommunane og fylkeskommunane. Både i kommunane og i fylkeskommunane er opplæring ein stor og viktig sektor. Samla brutto driftsutgifter til grunnskuleopplæring var 109,2 mrd. kroner i 2023. Tilsvarande var samla brutto driftsutgifter til vidaregåande opplæring 45,5 mrd. kroner i 2023. Talet på elevar, lærlingar og lærarar er avgjerande for ressursbruken i skulen.
Ressursbruken i grunnopplæringa i Noreg har auka noko dei siste åra når det gjeld både totale ressursar og ressursar per elev.
Elevar og lærlingar i grunnopplæringa
Tabell 6.1 Talet på elevar i ordinære grunnskular, frå skuleåret 2015–16 til skuleåret 2023–24
Skuleår | Barnetrinnet (1.–7. trinn) | Ungdomstrinnet (8.–10. trinn) | Totalt |
---|---|---|---|
2015–16 | 438 387 | 185 368 | 623 755 |
2016–17 | 444 638 | 184 637 | 629 275 |
2017–18 | 447 355 | 185 674 | 633 029 |
2018–19 | 448 655 | 187 695 | 636 350 |
2019–20 | 446 218 | 190 032 | 636 250 |
2020–21 | 443 967 | 191 530 | 635 497 |
2021–22 | 439 644 | 195 030 | 634 674 |
2022–23 | 437 855 | 199 079 | 636 934 |
2023–24 | 434 422 | 202 629 | 637 051 |
Kjelde: GSI (Utdanningsdirektoratet)
Tabell 6.1 viser at talet på elevar i grunnskulen har auka noko samanlikna med førre skuleår. 97,2 pst. av 16-åringane som avslutta grunnskulen våren 2023, var i vidaregåande opplæring same år. Av elevane som begynte på 1. trinn i vidaregåande opplæring hausten 2023, var det fleire som begynte på eit yrkesfagleg program enn på eit studieførebuande program.
Tabell 6.2 Fordeling på utdanningsprogram i vidaregåande opplæring, frå skuleåret 2016–17 til skuleåret 2023–24
Skuleår | Elevar på studieførebuande program | Elevar på yrkesfag | Lærlingar, elevar i fagopplæring i skule og lærekandidatar | I alt |
---|---|---|---|---|
2016–17 | 121 409 | 69 644 | 42 777 | 233 830 |
2017–18 | 123 095 | 66 562 | 44 637 | 234 294 |
2018–19 | 121 390 | 67 092 | 46 316 | 234 798 |
2019–20 | 119 141 | 67 854 | 48 281 | 235 276 |
2020–21 | 119 244 | 68 970 | 48 012 | 236 226 |
2021–22 | 117 990 | 68 195 | 49 981 | 236 166 |
2022–23 | 116 789 | 68 627 | 51 472 | 236 888 |
2023–24 | 116 279 | 69 795 | 51 0931 | 237 167 |
1 I 2023–24 var det i tillegg 1 376 personar som hadde kontrakt om fagbrev på jobb. Statistikken har tal om fagbrev på jobb frå 2020. 725 personar hadde kontrakt i 2020–21, 1 022 i 2021–22, og 1 058 i 2022–23.
Kjelde: Utdanningsdirektoratet
Det har vore ein jamn auke i det samla talet på elevar, lærlingar og lærekandidatar i vidaregåande opplæring i fleire år. Men frå 2020–21 til 2021–22 var det ein liten nedgang. Frå skuleåret 2022–23 stig det samla talet noko.
Per 1. oktober 2023 var det registrert 48 309 lærlingar og 1 956 lærekandidatar. Det er litt færre lærlingar enn på same tidspunkt i 2022, medan det er litt fleire lærekandidatar. I 2023 er det også registrert 1 376 som har kontrakt gjennom tilbodet fagbrev på jobb.
Lærarårsverk
Årsverk til undervisningspersonale blir rekna ut på bakgrunn av registrerte timar per skuleår. I 2023–24 er det berekna talet på årsverk til undervisning og andre oppgåver i grunnskulen 63 430, ein auke på om lag 600 årsverk frå året før.
Tabell 6.3 Berekna årsverk utførte av undervisningspersonale til undervisning og andre oppgåver i grunnskulen, frå skuleåret 2015–16 til skuleåret 2023–24
Skuleår | Berekna årsverk til undervisning og andre oppgåver, sum årsverk | Av dette andre oppgåver | Assistentårsverk |
---|---|---|---|
2015–16 | 57 612 | 6 407 | 8 417 |
2016–17 | 58 421 | 6 480 | 8 868 |
2017–18 | 59 357 | 6 459 | 9 389 |
2018–19 | 60 372 | 6 430 | 9 849 |
2019–20 | 61 425 | 6 411 | 10 020 |
2020–21 | 61 705 | 6 240 | 10 658 |
2021–22 | 62 226 | 6 146 | 11 032 |
2022–23 | 62 819 | 6 253 | 11 491 |
2023–24 | 63 430 | 6 345 | 12 286 |
Kjelde: GSI (Utdanningsdirektoratet)
Tabell 6.4 Utvikling i talet på lærarårsverk i vidaregåande opplæring, frå skuleåret 2016–17 til skuleåret 2023–24
Skuleår | Lærarårsverk i vidaregåande opplæring, avtalte årsverk |
---|---|
2016–17 | 23 300 |
2017–18 | 23 188 |
2018–19 | 23 259 |
2019–20 | 23 491 |
2020–21 | 23 500 |
2021–22 | 23 870 |
2022–23 | 23 978 |
2023–24 | 24 334 |
Kjelde: Statistikkbanken (SSB)
Gruppestorleik
Indikatoren berekna gjennomsnittleg gruppestorleik kjem fram når ein ser på forholdet mellom elevtimar og lærartimar. Elevtimar er det samla talet på ordinære timar til undervisning som elevane får kvart år. Lærartimar er summen av alle timane lærarane gir undervisning per år. Indikatoren gruppestorleik viser kor mange elevar ein lærar har i gjennomsnitt per undervisningstime. Gruppestorleik bør sjåast som ein indikasjon og ikkje som eit absolutt mål. Tabell 6.5 inneheld to ulike typar gruppestorleik.
Gruppestorleik 1 omfattar timar til spesialundervisning og særskild norskopplæring for språklege minoritetar. Sidan desse timane blir inkluderte, kan det føre til at gruppestorleiken verkar lågare enn det nokre elevar og lærarar opplever i kvardagen.
Gruppestorleik 2 er ein annan måte å rekne ut gruppestorleiken på. Her er timar til spesialundervisning og til særskild norskopplæring for språklege minoritetar tekne ut av både lærartimar og elevtimar i berekninga. Denne indikatoren er ikkje i same grad som gruppestorleik 1 eigna til å måle endringar i ressursinnsats over tid, fordi endringar knytte til spesialundervisning og særskild norskopplæring vil kunne påverke indikatoren. Gruppestorleik 2 gir eit bilde av ressursinnsatsen for dei elevane som ikkje får særskilde individretta styrkingstiltak.
Tabell 6.5 Gjennomsnittleg gruppestorleik på 1.–10. trinn1, frå skuleåret 2015–16 til skuleåret 2023–24
Skuleår | Gruppestorleik 1 (1.–10. trinn) | Gruppestorleik 2 (1.–10. trinn) |
---|---|---|
2015–16 | 13,5 | 16,8 |
2016–17 | 13,5 | 16,8 |
2017–18 | 13,3 | 16,6 |
2018–19 | 13,1 | 16,3 |
2019–20 | 12,9 | 15,8 |
2020–21 | 12,8 | 15,7 |
2021–22 | 12,6 | 15,5 |
2022–23 | 12,6 | 15,6 |
2023–24 | 12,5 | 15,6 |
1 Offentlege og private grunnskular utanom spesialskular og utanlandsskular.
Kjelde: GSI (Utdanningsdirektoratet)
Hausten 2018 blei det innført ei norm for lærartettleik på skulenivå for 1.–10. trinn i offentlege skular. Skuleåret 2018–19 skulle gruppestorleik 2 maksimalt vere 16 på 1.–4. trinn og 21 på 5.–7. og 8.–10. trinn. Frå hausten 2019 blei norma skjerpa, og gruppestorleik 2 skal maksimalt vere 15 på 1.–4. trinn og 20 på 5.–7. og 8.–10. trinn. Det har vore ein stor auke i prosentdelen grunnskular som oppfyller kravet på 1.–4. trinn sidan norma vart innført. Hausten 2023 oppfylte 89 pst. av skulane lærarnorma på 1.–4. trinn. 95 pst. av skulane oppfylte norma på 5.–7. trinn, og 89 pst. av skulane oppfylte norma på 8.–10. trinn. Figur 6.1 viser utviklinga i gruppestorleik 2 fordelt på dei ulike hovudtrinna. Lærartettleiken har vore stabil dei siste tre åra, men gått noko ned sidan førre skuleår. Gruppestorleiken var 13,6 på 1.–4. trinn, 16,1 på 5.–7. trinn og 17,8 på 8.–10. trinn. Det vil seie at lærarnorma i gjennomsnitt var oppfylt på alle hovudtrinn i skuleåret 2023–24.
For vidaregåande opplæring er det vanskeleg å lage eit godt mål på forholdstalet mellom lærarar og elevar. Det finst ikkje godt nok talgrunnlag for å skilje mellom lærarar og elevar på ulike studieretningar, og dette er ein faktor som har stor innverknad på gruppestorleiken i vidaregåande opplæring.
Skulestruktur
I skuleåret 2023–24 var det 2 712 grunnskular i Noreg. Av desse var 284 private grunnskular. 4,8 pst. av elevane i grunnskulen gjekk på ein privat grunnskule i skuleåret 2023–24.
Når det gjeld storleiken på grunnskulane i Noreg, varierer denne frå nokre få elevar til over 1 000 elevar på dei største skulane. Figuren nedanfor illustrerer fordelinga av små, mellomstore og store skular. Det har over tid vore ei utvikling i retning av fleire store og færre små skular.
6 pst. av elevane i grunnskulen gjekk på skular med færre enn 100 elevar, 34 pst. gjekk på skular med mellom 100 og 299 elevar, og 61 pst. gjekk på skular med 300 eller fleire elevar i 2023. Sidan skuleåret 2002–03 har meir enn 50 pst. av elevane gått på store skular (over 300 elevar).
Tidlegare kartleggingar av skulenedleggingar har vist at den viktigaste årsaka til at skular blei lagde ned, var lågt elevtal. Andre viktige faktorar var kommuneøkonomi og problem med å rekruttere kvalifiserte lærarar. I dei fleste tilfella der kommuneøkonomi blei rapportert som årsak, var dette i kombinasjon med få elevar.
Hausten 2023 var det 419 vidaregåande skular i landet. Det er inga endring frå året før. Av desse var 102 private. Det har vore ein liten auke i talet på private vidaregåande skular dei siste åra. Talet på offentlege vidaregåande skular har vore relativt stabilt i same periode.
Skuleresultat
Nasjonale prøvar hausten 2023
Nasjonale prøvar skal måle ferdigheitene til elevane i lesing og rekning og i delar av engelskfaget. Resultatet skal gi skuleeigaren og skulen eit grunnlag for kvalitetsutvikling i opplæringa. Elevar på 5., 8. og 9. trinn deltek på nasjonale prøvar. Nasjonale prøvar er inndelte i tre nivå på 5. trinn og fem nivå på 8. og 9. trinn.
Det blei gjort endringar i prøvane hausten 2022 som følge av nye læreplanar, og det gjer at resultata frå 2022 og 2023 ikkje kan samanliknast direkte med tidlegare år.
Ifølge Utdanningsdirektoratets analysar viser dei nasjonale prøvane små endringar for 5. trinn, samanlikna med 2022, medan årets elevar på 8. og 9. trinn gjer det noko svakare enn fjorårets kull i både lesing og rekning. Gutane presterer litt betre enn jenter i rekning på alle trinn, medan det er motsett i lesing. På 5. trinn presterer gutane litt betre enn jentene i engelsk, medan på 8. og 9. trinn er engelskresultata meir jamne. Forskjellane mellom kjønna er i tråd med resultata frå tidlegare år, men kjønnsforskjellane i lesing og rekning på ungdomstrinnet er sterkare i år enn i fjor. Samanlikna med andre fylke har Oslo, på både barne- og ungdomstrinnet, ein større prosentdel elevar på dei høgaste meistringsnivåa.
Skulebidragsindikatorane
Kvar elev har med seg mange føresetnader som påverkar skuleresultata. Skulebidragsindikatorane set seg som mål å seie kor mykje skulen bidreg med i resultata til elevane.
For 1.–4. trinn blir det berre kontrollert for familiebakgrunn (utdanninga til foreldra, hushaldsinntekt og innvandringsbakgrunn), sidan det ikkje er faktiske elevresultat å kontrollere mot. På 5.–7. trinn blir det kontrollert for dei tidlegare resultata til elevane (resultat på nasjonale prøvar på 5. trinn) i tillegg til indikatorane for familiebakgrunn. Indikatorane for 1.–4. trinn og 5.–7. trinn for dei samanslåtte årgangane 2023 og 2022 viser at ein stor del av resultatskilnadene mellom skulane kan forklarast med skilnader i elevgrunnlaget.
For 65 pst. av dei offentlege skulane i landet kan ein ikkje med statistisk sikkerheit seie at elevane presterer høgare eller lågare på nasjonale prøvar på 5. trinn enn forventa ut frå foreldrebakgrunnen deira. 17 pst. av skulane har elevar som i snitt presterer signifikant høgare enn forventa, og på 18 pst. av skulane presterer elevane signifikant lågare enn forventa. Når det gjeld resultata på nasjonale prøvar på 8. trinn, kan ein for 65 pst. av skulane ikkje med sikkerheit seie at elevane presterer høgare eller lågare på nasjonale prøvar, gitt foreldrebakgrunnen deira og prestasjonar på nasjonale prøvar på 5. trinn. På 16 pst. av skulane presterer elevane signifikant høgare enn forventa, og på 18 pst. signifikant dårlegare.
Oslo kommune har høgast prosentdel skular som bidreg meir enn landsgjennomsnittet til resultata til elevane, både på 1.–4. trinn og på 5.–7. trinn. Agder, Nordland og Trøndelag har flest skular som bidreg under snittet, på om lag 30 pst. av dei største kommunane er det Oslo, Bærum, Asker, Drammen og Stavanger som bidrag over snittet på begge trinna.
Skulebidragsindikatorane er eit supplement til eksisterande informasjon om kvalitetsskilnader mellom fylke, kommunar og skular. Dei gir ein indikasjon på kor mykje den einskilde skulen bidreg med, men dei gir ikkje nødvendigvis heile bildet, sidan fleire omstende som kan ha betydning for elevresultata, ikkje lèt seg måle.
Karakterar og grunnskulepoeng
Elevane som gjekk ut av grunnskulen våren 2024, har i snitt 42,2 grunnskulepoeng. På grunn av covid-19-pandemien blei det i 2020, 2021 og 2022 ikkje gjennomført eksamen i grunnskulen. Grunnskulepoenga desse åra blir derfor berekna på bakgrunn av standpunktkarakterar. Samanlikna med avgangskullet i 2023 har avgangskullet i 2024 i snitt 0,2 grunnskulepoeng mindre. Jenter har i snitt 4 grunnskulepoeng meir enn gutane i 2024. Forskjellen på jenter og gutar er uendra samanlikna med 2023.
Samanlikna med i fjor er det svært små endringar i dei gjennomsnittlege standpunktkarakterane i ulike fag. Jentene får i snitt høgare standpunktkarakterar enn gutane i alle fag, utanom kroppsøving. Skilnaden er størst i kunst og handverk og norsk hovudmål, der jentene i snitt får 0,7 karakterpoeng meir enn gutane.
Nokre elevar får ikkje standpunktkarakter i eitt eller fleire fag. Dei får i staden merknader om fritak eller manglande vurderingsgrunnlag i det aktuelle faget. Norsk sidemål er det faget der flest elevar er fritekne frå å få standpunktkarakter. 23 pst. av avgangselevane hadde fritak i 2023, noko som er ein auke på 2 prosenteiningar frå førre skuleår. Det har vore ein auke i talet på elevar som er fritekne frå karakter i norsk sidemål dei siste åra. I 2019 og 2020 hadde i underkant av 17 pst. fritak. Delen har gått opp 6 prosentpoeng mellom 2019 og 2023. Ei årsak er truleg auken i talet på minoritetsspråklege elevar sidan Noreg i 2022 og 2023 tok imot eit høgt tal fordrivne frå Ukraina.
Bruk av undervisningspersonale utan godkjend utdanning
Kompetansekrava for tilsetjing i grunnskulen tilseier at ein må ha lærarutdanning eller anna godkjend utdanning for å bli fast tilsett. Tal frå Utdanningsdirektoratet viser at 4,8 pst. av årsverka til undervisning ikkje oppfylte kompetansekrava for tilsetjing i skuleåret 2023–24. Desse kan vere mellombels tilsette eller tilsette under føresetnad av at utdanning dei har begynt på, blir fullført.
Figur 6.5 viser utviklinga i prosentdelen av berekna årsverk til undervisning i grunnskulen som ikkje oppfyller kompetansekrava for tilsetjing. Talet har vore i overkant av 4 pst. dei siste åra, noko som kan kome av meir vikarbruk som følge av den statlege satsinga på vidareutdanning av lærarar og innføringa av lærarnorma. Det var ein nedgang frå normalen i skuleåret 2020–21 som kan ha samanheng med koronapandemien og lite behov for vikarbruk.
5,3 pst. av lærarane i vidaregåande skular hadde vidaregåande utdanning eller lågare i skuleåret 2023–24, medan 4,5 pst. hadde universitets-/høgskuleutdanning på lågare nivå, men utan pedagogisk utdanning. 4,0 pst. hadde universitets-/høgskuleutdanning på høgare nivå, men ikkje pedagogisk utdanning.
Lærarar som underviser i norsk, matematikk, norsk teiknspråk, samisk og engelsk på 1.–7. trinn, skal ha minst 30 studiepoeng i faget. På 8.–10. trinn skal lærarar som underviser i norsk, matematikk, engelsk, norsk teiknspråk, samisk og engelsk, ha minst 60 studiepoeng i undervisningsfaget. Lærarar utdanna før 2014 har dispensasjon frå dette kravet fram til 1. august 2025. Regjeringa innfører eit varig unntak frå kravet om fagleg fordjuping i undervisningsfag for lærarar som oppfylte krava for å bli tilsett som lærar før 1. januar 2014, eller som har allmennlærarutdanning. Dette ligg som ein del av ny opplæringslov. I norsk, matematikk og engelsk har det vore ein nedgang frå førre skuleår i prosentdelen av lærarar som ikkje oppfyller krava.
Tilsette med innvandrarbakgrunn
Det har vore ein svak auke i prosentdelen tilsette med innvandrarbakgrunn i kommunale grunnskular dei siste tre åra. Norskfødde med innvandrarforeldre utgjer ein svært liten del.
Av 20 300 studentar som utdanna seg til å bli lærar i skulen i 2023, hadde berre 10 pst. innvandrarbakgrunn. Delen med innvandrarbakgrunn som går på slike utdanningar, har likevel auka litt dei siste tre åra. Dette gjeld i hovudsak norskfødde med innvandrarforeldre.
Framtidig behov for lærarar
Tidlegare framskrivingar frå SSB tydde på at med nedgang i befolkningsvekst og fødselstal ville lærarar med lærarutdanning i aukande grad kunne erstatte lærarar utan lærarutdanning i åra som kjem. Dette gjaldt for dei fleste typar lærarar. Framskrivingane var baserte på høgare søkartal til lærarutdanningane enn dei faktiske i 2024, og søkinga må opp på tidlegare nivå for at framskrivingane skal slå til.
Kommunal ressursbruk
Korrigerte brutto driftsutgifter viser utgiftene kommunane har til undervisning, inkludert drift av skulelokale og skyss. Korrigerte brutto driftsutgifter per elev i grunnskulen var 156 106 kroner i 2023, ein nominell auke på 8,9 pst. frå 2022. Den kommunale pris- og lønnsauken (deflatoren) var i 2023 på 4,3 pst., som vil seie at det i snitt har vore ein realauke i utgifter per elev i grunnskulen. I vidaregåande opplæring var korrigerte brutto driftsutgifter per elev på studieførebuande program 178 489 kroner og på yrkesfaglege program 216 151 kroner. Dette er ein nominell auke på høvesvis 10,5 og 10,4 pst. frå 2022 til 2023.
I kommunesektoren var brutto driftsutgifter til grunnskule 18,3 pst. av totale brutto driftsutgifter i 2023. Prosentdelen av utgifter til grunnskule har gått noko ned dei siste ti åra. Lønnsutgiftene er den klart største driftskostnaden både i grunnskulen og i vidaregåande opplæring. Det er store kommunale skilnader i ressursbruk i skulen. I kommunar med spreidd busetnad er det fleire mindre skular for at reiseavstanden til elevane skal vere akseptabel. Mykje av variasjonen mellom kommunane i kor mykje pengar dei bruker på skule, kan forklarast med ulik kostnadsstruktur. Frie inntekter i form av eigedomsskatt og kraftinntekter har òg tydeleg innverknad på utgiftsnivået. Kommunar med store inntekter bruker meir pengar på skule. Den resterande variasjonen mellom kommunar kan mellom anna kome av variasjonar i elevsamansetjinga. Spesielt for små kommunar kan elevar med behov for ekstrainnsats vere utslagsgivande. Ulikskapar kan òg kome av ulik politisk prioritering mellom kommunar.
Noreg bruker mykje ressursar på utdanning samanlikna med andre land, viser tal frå OECD (Education at a Glance 2023: OECD Indicators). Dersom ein ser på utgiftene per elev, har Noreg blant dei høgaste utgiftene til grunnskulen og vidaregåande opplæring blant OECD-landa.
Spesialundervisning
Elevar som ikkje har eller kan få tilfredsstillande utbyte av det ordinære opplæringstilbodet, har krav på spesialundervisning. Prosentdelen elevar med spesialundervisning i grunnskular og spesialskular har dei siste ti åra stabilisert seg på om lag 8 pst. I skuleåret 2023–24 låg delen som fekk spesialundervisning, på 8,1 pst. av alle elevar i grunnskulen, litt høgare enn året før. 66 pst. av alle elevar som får spesialundervisning, er gutar.
I løpet av barnetrinnet og utover på ungdomstrinnet aukar prosentdelen av elevar med spesialundervisning, som figuren under viser. I skuleåret 2023–24 hadde 3,8 pst. av elevane på 1. trinn einskildvedtak om spesialundervisning. På 10. trinn var prosentdelen av elevar med spesialundervisning 11,1 pst. 49 396 elevar fekk vedtak om spesialundervisning med undervisningspersonale.
Elevar med innvandrarbakgrunn
Særskild norskopplæring
I opplæringslova § 2-8 (for grunnskulen) og § 6-5 (for vidaregåande opplæring) heiter det at elevar som har eit anna morsmål enn norsk og samisk, har rett på særskild norskopplæring til dei har tilstrekkeleg ferdigheit i norsk til å følge den vanlege opplæringa i skulen.
I skuleåret 2023–24 fekk 48 046 elevar i grunnskulen særskild norskopplæring, noko som er 4 097 fleire enn året før. Dette utgjer 7,5 pst. av elevane. 4 884 elevar på 1. trinn fekk særskild norskopplæring i 2023, og det er 8,3 pst. av alle førsteklassingane. Om nødvendig har elevane òg rett til morsmålsopplæring, tospråkleg fagopplæring eller begge delar. I skuleåret 2023–24 var det 2 244 elevar som berre fekk morsmålsopplæring, 8 309 elevar som berre fekk tospråkleg fagopplæring, og 1 087 elevar som fekk begge delar.
Resultat i grunnskulen
Det er små skilnader mellom grunnskulepoenga til norskfødde med innvandrarforeldre og andre elevar. Berre 2 poeng skilde desse i 2023. Avstanden mellom innvandrarar (dei som sjølve har innvandra) og andre elevar er noko større. 4,4 poeng skilde desse i 2023.
Det er vanskeleg å vurdere resultata til innvandrarelevar. Mange av dei kan ikkje vurderast ut frå ordinære læreplanar, fordi dei treng tid til å tileigne seg eit nytt språk. 21 pst. av innvandrarelevane fekk ikkje berekna grunnskulepoeng i 2023. Det er særleg dei med 0–2 års butid som ikkje har fått berekna grunnskulepoeng; 71 pst. Til samanlikning har 18 pst. av dei med 3–4 års butid og 12 pst. av dei med 5–6 års butid ikkje fått berekna grunnskulepoeng. Butida har stor innverknad på kor mange grunnskulepoeng innvandrarar har ved utgangen av 10. trinn. Det er først blant dei med meir enn 9–10 års butid at talet på grunnskulepoeng nærmar seg talet på grunnskulepoeng for norskfødde med innvandrarforeldre.
Jenter får i gjennomsnitt 40 grunnskulepoeng meir enn gutane. Norskfødde jenter med innvandrarforeldre får fleire grunnskulepoeng enn gutar utan innvandrarbakgrunn.
Det er ein større del av innvandrarane som er fritekne frå nasjonale prøvar, enn norskfødde med innvandrarforeldre og andre elevar. På 8. trinn er 16 pst. av innvandrarane fritekne frå nasjonale prøvar i lesing. I engelsk og rekning er 11–12 pst. fritekne. Det er små skilnader mellom norskfødde med innvandrarforeldre og andre elevar i delen som er fritekne. 2–3 pst. av både norskfødde med innvandrarforeldre og andre elevar er fritekne i kvart av faga engelsk, lesing og rekning.
Prosentdelen elevar på dei to lågaste meistringsnivåa er høgare blant innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre enn blant andre elevar. Det er størst skilnader i lesing og minst skilnader i engelsk. Tala må tolkast i lys av at delen som er fritekne er høgare for innvandrarar enn for norskfødde med innvandrarforeldre og andre.
I lesing gjer jentene det betre enn gutane. I rekning gjer gutane det betre enn jentene. Desse forskjellane gjer seg gjeldande både mellom gutar og jenter med innvandrarbakgrunn og mellom andre gutar og jenter. Det er små skilnader mellom gutar og jenter i engelsk.
Butida har mykje å seie for meistringsnivået til elevane. Dei som har budd i Noreg i 7–8 år, nærmar seg nivået til dei norskfødde med innvandrarforeldre i lesing.
Gjennomføring av vidaregåande opplæring
Dei norskfødde jentene med innvandrarforeldre fullfører og består vidaregåande opplæring i løpet av fem eller seks år i same grad som dei andre jentene. Målepunktet er fem år for elevar på studieførebuande og seks år for elevar på yrkesfag.
67 pst. av innvandrarane som byrja i vidaregåande opplæring i skuleåret 2017–18 (2017-kullet), fullførte og bestod vidaregåande opplæring i løpet av fem eller seks år. Denne prosentdelen har auka dei siste åra, men er framleis klart lågare enn delen norskfødde med innvandrarforeldre og andre. Kor lenge ein har budd i Noreg, har mykje å seie for fullføringsprosenten.
Læreplassar og kontraktar
Av 20 500 søkarar (med ungdomsrett) med læreplass som førsteønske i skuleåret 2023–24, fekk 16 700 ein godkjend lærekontrakt per 31. desember 2023. I tillegg var det nær 1 000 lærekandidatar.
I 2023 er 13 pst. av innvandrarar i alderen 16–25 år verken i utdanning eller arbeid eller har fullført vidaregåande opplæring. Til samanlikning gjeld dette 6 pst. av norskfødde med innvandrarforeldre og 5 pst. av andre i same aldersgruppe.
Vaksne i grunnopplæringa
Vaksne som treng grunnskuleopplæring, har rett til slik opplæring dersom dei sjølve ønsker det, jf. opplæringslova § 18-2. Talet på vaksne som får opplæring på grunnskulenivå, er gått ned. Tal frå GSI viser at det i skuleåret 2023–24 var knappe 10 200 vaksne som fekk grunnskuleopplæring. Dette er om lag 600 færre enn førre skuleår. Av dei som fekk slik opplæring, fekk om lag 7 600 det som ordinær grunnskuleopplæring, og i underkant av 2 600 fekk opplæringa som spesialundervisning. I tillegg var det ei lita gruppe som fekk både ordinær opplæring og opplæring som spesialundervisning.
Dei som har fullført grunnskuleopplæring eller tilsvarande opplæring, men som ikkje har studiekompetanse eller yrkeskompetanse frå vidaregåande opplæring, har rett til vidaregåande opplæring frå det skuleåret som tek til det året dei fyller 19 år. Dette gjeld òg dei som har fullført vidaregåande opplæring i eit anna land, men som ikkje får godkjent opplæringa i Noreg, jf. opplæringslova § 18-3. Opplæringa skal vere tilpassa behova og livssituasjonen til den einskilde. Vaksne som ønsker å gjennomføre vidaregåande opplæring, kan søke om ordinært inntak og konkurrere om plassane med søkarane med ungdomsrett, eller dei kan søke om individuelt opptak basert på realkompetanse. Med dette alternativet blir undervisninga ofte komprimert og/eller avkorta. Vaksne kan òg søke vidaregåande opplæring gjennom private tilbydarar av opplæring, til dømes studieforbund, men det meste av opplæringa skjer i dei vidaregåande skulane. Dei fleste vaksne får opplæring gjennom vaksenopplæringstilbod og er ikkje ein del av den generelle søkar- og elevstatistikken for vidaregåande opplæring.
Tal frå Utdanningsdirektoratet viser at det i 2022–23 deltok om lag 16 600 vaksne i opplæring på vidaregåande skular eller vaksenopplæringssenter i heile landet. Det er om lag like mange som året før. Om lag 6 200 får opplæring i studieførebuande utdanningsprogram og om lag 10 400 på yrkesfaglege utdanningsprogram.
Skulefritidsordninga
Kommunar må ha eit tilbod om skulefritidsordning før og etter skuletid for 1.–4. trinn og for barn med særskilde behov på 5.–7. trinn. Talet på barn som deltek i skulefritidsordninga (SFO), held fram med å stige i skuleåret 2023–24. Då gjekk det 174 404 barn i SFO, noko som er ein auke på 9 359 frå året før. Den største auken frå skuleåret 2022–23 har skjedd på 2. trinn, noko som kan sjåast i samanheng med at ordninga med 12 timar gratis SFO per veke vart utvida til 2. trinn hausten 2023. Etter innføringa har prosentdelen elevar på 2. trinn i SFO auka frå 79 pst. i skuleåret 2022–23 til 92 pst. i skuleåret 2023–24. Delen barn på 1. trinn som gjekk i SFO, var på 94 pst., medan delen barn på 1.–4. trinn som gjekk i SFO, var på 71 pst. Tabell 6.6 viser at deltaking i SFO varierer mykje mellom dei ulike klassetrinna og er høgast blant dei yngste barna. 2 332 av elevane i SFO var elevar på 5.–7. trinn.
Det er ingen krav til kompetanse for tilsette i SFO i dag. Tal frå GSI viser at 8 pst. av dei tilsette i SFO i skuleåret 2023–24 hadde godkjend lærar- eller barnehagelærarutdanning. 44 pst. hadde fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar, og 48 pst. hadde annan bakgrunn.
Kommunen kan krevje kostnadene til SFO dekte gjennom foreldrebetaling. Dette bidreg til at det er stor variasjon i foreldrebetaling i SFO mellom kommunar. Frå hausten 2022 fekk alle elevar på 1. trinn tilbod om 12 timar gratis SFO per veke, og frå hausten 2023 fekk alle elevar på 2. trinn tilbod om det same. Frå august 2024 gjeld ordninga òg for 3. trinn. Hausten 2020 vart det innført ei nasjonal ordning med redusert foreldrebetaling i SFO for barn frå låginntektsfamiliar på 1.–2. trinn og gratis SFO for barn med behov for særskild tilrettelegging på 5.–7. trinn. Hausten 2021 vart den nasjonale ordninga med redusert foreldrebetaling i SFO utvida til å gjelde 3.–4. trinn òg. Kommunar kan i tillegg velje å tilby ytterlegare inntektsgraderte satsar, friplassar og søskenmoderasjon i SFO.
Tabell 6.6 Deltaking i skulefritidsordninga (SFO)
Skuleår | 2017–18 | 2018–19 | 2019–20 | 2020–21 | 2021–22 | 2022–23 | 2023–2024 |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Talet på barn i SFO | 160 571 | 158 318 | 156 597 | 147 749 | 152 955 | 165 045 | 174 404 |
Prosentdel av barna i SFO med fulltidsplass | 57 | 56 | 57 | 58 | 58 | 58 | 57 |
Dekningsgrad 1.–4. trinn (pst.) | 62 | 61 | 62 | 59 | 62 | 67 | 71 |
Dekningsgrad 1. trinn (pst.) | 82 | 82 | 82 | 82 | 83 | 92 | 94 |
Dekningsgrad 2. trinn (pst.) | 76 | 76 | 76 | 73 | 77 | 79 | 92 |
Dekningsgrad 3. trinn (pst.) | 58 | 59 | 59 | 54 | 58 | 62 | 63 |
Dekningsgrad 4. trinn (pst.) | 31 | 30 | 31 | 28 | 30 | 34 | 37 |
Prosentdel av SFO-ar som tilbyr søskenmoderasjon | 66 | 67 | 68 | 69 | 72 | 73 | 70 |
Kjelde: GSI (Utdanningsdirektoratet)
Leksehjelp
Alle elevar i grunnskulen har rett til åtte veketimar med gratis leksehjelp etter skuletid. Kommunane har ansvaret for tilbodet, og det kan organiserast slik det er mest formålstenleg ut frå lokale tilhøve. Tilbodet skal vere gratis, omfatte alle og vere frivillig for kvar einskild elev. I skuleåret 2023–24 deltok 97 551 barn på 1.–10. trinn på leksehjelp. Dette utgjer 15 pst. av elevane, om lag på same nivå som året før. Det er flest elevar på 4.–7. trinn som nyttar seg av leksehjelp.
7 Nøkkeltal for barnehagesektoren
Innleiing
Kapittelet gir informasjon om utviklinga i talet på barn og tilsette og om ressursbruken i barnehagesektoren.
Barnehagane blir i all hovudsak finansierte gjennom dei frie inntektene til kommunane og foreldrebetalinga. Barnehagesektoren er eit av dei største tenesteområda i kommunane. Samla brutto driftsutgifter til barnehagar i 2023 var 67,1 mrd. kroner og utgjorde 11,3 pst. av driftsutgiftene i kommunane. Talgrunnlaget i kapittelet er henta frå Statistisk sentralbyrå (SSB), rapportering frå barnehagane (BASIL), KOSTRA (KOmmune-STat-RApportering), Database for statistikk om høgare utdanning (DBH) og ulike undersøkingar som er gjennomførte på oppdrag frå departementet.
Barn i barnehage
Tabell 7.1 Barn i barnehage, dekningsgrad og gjennomsnittleg opphaldstid, 2018–2023
2018 | 2019 | 2020 | 2021 | 2022 | 2023 | |
---|---|---|---|---|---|---|
Barn i barnehage | 278 578 | 275 804 | 272 264 | 268 465 | 268 730 | 266 916 |
Dekningsgrad 1–5 år (pst.) | 91,8 | 92,2 | 92,8 | 93,4 | 93,4 | 93,8 |
Dekningsgrad 0 år (pst.) | 4,0 | 4,2 | 4,3 | 4,6 | 4,6 | 4,8 |
Dekningsgrad 1 år (pst.) | 73,2 | 74,8 | 76,6 | 79,1 | 81,0 | 81,8 |
Dekningsgrad 2 år (pst.) | 93,2 | 93,6 | 94,1 | 94,7 | 94,7 | 94,8 |
Dekningsgrad 3 år (pst.) | 96,4 | 96,5 | 96,7 | 96,8 | 96,8 | 96,7 |
Dekningsgrad 4 år (pst.) | 97,3 | 97,1 | 97,6 | 97,5 | 97,2 | 97,3 |
Dekningsgrad 5 år (pst.) | 97,6 | 97,5 | 97,7 | 97,8 | 97,4 | 97,5 |
Gjennomsnittleg avtala opphaldstimar per veke | 44,5 | 44,6 | 44,6 | 44,7 | 44,7 | 44,8 |
Prosentdel av barn med heiltidsplass | 96,1 | 96,6 | 96,9 | 97,3 | 97,6 | 98,1 |
Kjelder: Utdanningsdirektoratet (BASIL), Statistisk sentralbyrå, Kunnskapsdepartementet
Ved utgangen av 2023 gjekk 266 916 barn i ein ordinær barnehage eller ein familiebarnehage. Dette inkluderer barn som av ulike årsaker har fått barnehageplass før eittårsalderen, og barn som har fått utsett skulestart til det året dei fyller sju. I tillegg hadde 107 opne barnehagar kapasitet til å ta imot 3 086 barn i 2023. Departementet har ikkje statistikk for deltakinga i opne barnehagar.
Etter ein svak auke i 2022, har talet på barn i barnehagen gått noko ned i 2023. Nedgangen heng saman med låge fødselstal og færre barn i barnehagealder. Barn under 3 år utgjorde 38 pst. av alle barn i barnehage.
I 2023 hadde 98,1 pst. av barna heiltidsplass i barnehagen, mot 69,6 pst. i 2005, det vil seie avtala opphaldstid på 41 timar i veka eller meir. Gjennomsnittleg avtala opphaldstid for barn i barnehage har i same periode auka frå 39 til 44,8 timar per veke. Dekningsgraden i 2023 for barn i alderen 1–5 år var 93,8 pst., mot 76,2 pst. i 2005. Dekningsgraden har vore stabil for dei eldre barna dei siste åra og auka for dei yngste barna.
Det samla talet på barn i barnehagar har gått ned sidan 2013. Hovudtyngda av reduksjonen i barnehageplassar har vore i offentlege barnehagar, men i 2023 var det ein auke på 78 barn med plass i offentlege barnehagar frå året før og ein nedgang på 1 892 barn med plass i private barnehagar. Dette kjem truleg av at fleirtalet av ukrainske barn i barnehagealder som har flykta til Noreg på grunn av krigen, går i kommunale barnehagar.
I 2023 hadde om lag halvparten av barna plass i ein offentleg barnehage og halvparten i ein privat barnehage. Ved utgangen av 2023 var det 5 314 barnehagar i Noreg, inkludert familiebarnehagar og opne barnehagar. Av desse var 2 597 kommunale, 12 fylkeskommunale/statlege og 2 717 private barnehagar. Frå 2008 har det vore ein stabil nedgang i talet på barnehagar, og frå 2022 til 2023 har det vore ein reduksjon på 85 private og 21 offentlege barnehagar.
Tabell 7.2 Barn i barnehage etter eigarforhold, offentleg og privat, 2019–2023
2019 | 2020 | 2021 | 2022 | 2023 | |
---|---|---|---|---|---|
Offentlege | 138 822 | 136 987 | 135 074 | 136 989 | 137 067 |
– kommunale | 138 122 | 136 280 | 134 360 | 136 282 | 136 360 |
– fylkeskommunale/statlege | 700 | 707 | 714 | 707 | 707 |
Private | 136 982 | 135 277 | 133 391 | 131 741 | 129 849 |
– kyrkjelyd/trussamfunn | 6 724 | 6 407 | 6 118 | 5 985 | 5 810 |
– foreldreeigde | 29 857 | 29 756 | 29 206 | 29 094 | 28 842 |
– kvinne- og familieforbund / sanitetsforeining | 695 | 798 | 776 | 790 | 788 |
– bedrift | 3 011 | 2 754 | 2 639 | 2 055 | 2 010 |
– pedagogisk/ideologisk org. | 4 368 | 4 461 | 4 332 | 4 062 | 3 965 |
– einskildpersonar | 8 643 | 8 007 | 7 217 | 6 529 | 5 333 |
– konsern/aksjeselskap | 71 815 | 71 581 | 71 696 | 71 962 | 72 089 |
– stifting | 9 167 | 8 928 | 8 959 | 8 852 | 8 703 |
– studentsamskipnad | 2 702 | 2 585 | 2 448 | 2 412 | 2 309 |
I alt | 275 804 | 272 264 | 268 465 | 268 730 | 266 916 |
Barn som går i opne barnehagar er ikkje med i tabellen, medan barn i familiebarnehagar er inkluderte. I 2023 gjekk 23 barn i offentlege familiebarnehagar og 2 355 barn gjekk i private familiebarnehagar.
Kjelder: Utdanningsdirektoratet (BASIL), Statistisk sentralbyrå
Tabell 7.3 Opne barnehagar, offentlege og private, 2016–2023
2016 | 2017 | 2018 | 2019 | 2020 | 2021 | 2022 | 2023 | |
---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Kommunale | 41 | 40 | 43 | 43 | 36 | 30 | 33 | 34 |
Private | 73 | 73 | 74 | 73 | 74 | 75 | 74 | 73 |
Totalt | 114 | 113 | 117 | 116 | 110 | 105 | 107 | 107 |
Kjelde: Utdanningsdirektoratet (BASIL)
Tabell 7.4 Prosentdel barn i barnehage blant minoritetsspråklege barn og andre barn, 2018–2023
2021 | 2022 | 2023 | ||||
---|---|---|---|---|---|---|
Minoritetsspråklege | Andre | Minoritetsspråklege | Andre | Minoritetsspråklege | Andre | |
1-åringar | 58,2 | 85,2 | 59,4 | 86,8 | 61,3 | 87,0 |
2-åringar | 87,4 | 97,3 | 86,4 | 97,7 | 87,2 | 96,6 |
3-åringar | 94,0 | 98,2 | 93,5 | 98,3 | 94,0 | 97,6 |
4-åringar | 94,9 | 98,7 | 94,1 | 98,5 | 95,4 | 97,9 |
5-åringar | 96,2 | 98,9 | 94,0 | 98,9 | 94,7 | 98,4 |
1–2-åringar | 73,4 | 91,3 | 73,1 | 92,1 | 75,0 | 92,1 |
3–5-åringar | 95,1 | 98,6 | 93,9 | 98,6 | 94,7 | 98,0 |
1–5-åringar | 86,9 | 95,2 | 86,2 | 95,4 | 87,4 | 95,6 |
Kjelder: Utdanningsdirektoratet (BASIL), Statistisk sentralbyrå
Minoritetsspråklege barn er definerte ved at både barnet og dei føresette til barnet har eit anna morsmål enn norsk, samisk, svensk, dansk eller engelsk. 87,4 pst. av minoritetsspråklege barn i alderen 1–5 år gjekk i barnehage i 2023. Det er litt fleire enn i 2022. Prosentdelen barn som går i barnehage, aukar med alderen til barna. For minoritetsspråklege barn er skilnaden mellom ulike aldersgrupper større enn for andre barn. For 3-, 4- og 5-åringar er prosentdelen minoritetsspråklege barn som går i barnehage, nesten like høg som for andre barn, medan for 1–2-åringar er denne prosentdelen mykje lågare enn for andre barn, særleg for 1-åringane. Minoritetsspråklege barn startar altså seinare i barnehage og har dermed i snitt gått færre år i barnehage før dei byrjar på skulen, men det store fleirtalet av minoritetsspråklege barn har gått i barnehage før skulestart.
Tabell 7.5 Barn i barnehagar med samisk tilbod, fordelte etter type tilbod, 2018–2023
2018 | 2019 | 2020 | 2021 | 2022 | 2023 | |
---|---|---|---|---|---|---|
Samisk barnehage | 547 | 538 | 588 | 565 | 571 | 476 |
Barnehage med samisk avdeling | 139 | 202 | 123 | 137 | 183 | 121 |
Barnehage med samisk språktilbod | 167 | 110 | 88 | 76 | 139 | 143 |
Totalt | 853 | 850 | 799 | 778 | 893 | 740 |
Kjelde: Sametinget
Tabell 7.6 Barn i barnehagar med samisk tilbod, fordelte etter språkbakgrunn, 2018–2023
2018 | 2019 | 2020 | 2021 | 2022 | 2023 | |
---|---|---|---|---|---|---|
Nordsamisk | 791 | 783 | 714 | 696 | 802 | 639 |
Sørsamisk | 30 | 35 | 53 | 54 | 54 | 62 |
Lulesamisk | 32 | 32 | 32 | 28 | 37 | 39 |
Totalt | 853 | 850 | 799 | 778 | 893 | 740 |
Kjelde: Sametinget
Talet på barn i små barnehagar, definerte som barnehagar med 25 barn eller færre, har gått ned med 34 pst. dei siste ti åra, medan talet på barn i barnehagar med 51–75 barn har gått ned med 6 pst. i same tidsrom. Talet på barn i barnehagar med 26–50 barn har hatt ein nedgang på 8 pst., medan talet for barnehagar med 76 eller fleire barn er på omtrent same nivå.
Personalet i barnehagen
Tabell 7.7 Personalet i barnehagen, 2019–2023
2019 | 2020 | 2021 | 2022 | 2023 | |
---|---|---|---|---|---|
Talet på tilsette | 96 744 | 95 909 | 95 201 | 95 706 | 95 592 |
Talet på årsverk | 78 055 | 77 700 | 77 447 | 78 100 | 78 223 |
Årsverk i grunnbemanninga | 64 844 | 64 392 | 63 926 | 64 507 | 64 436 |
Styrarar (årsverk) | 4 786 | 4 739 | 4 705 | 4 647 | 4 636 |
Årsverk i grunnbemanninga med barnehagelærarutdanning eller pedagogisk utdanning som tilsvarer utdanningskravet til pedagogisk leiar | 27 294 | 27 605 | 27 694 | 27 587 | 27 175 |
– i pst. av grunnbemanninga | 42,1 | 42,9 | 43,4 | 42,8 | 42,2 |
Årsverk i grunnbemanninga med fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar | 13 561 | 13 873 | 14 171 | 14 558 | 14 726 |
– i pst. av grunnbemanninga | 20,9 | 21,5 | 22,2 | 22,6 | 22,8 |
Personale som gir særskild språkstimulering til minoritetsspråklege barn (årsverk i parentes) | 1 200 (358) | 1 035 (317) | 927 (286) | 779 (267) | 855 (330) |
– prosentdel som har barnehagelærarutdanning | 21,3 | 19,6 | 22,3 | 22,9 | 25,4 |
Personale som jobbar med barn/barnegrupper som krev ekstra ressursinnsats (årsverk i parentes) | 8 315 (4 945) | 8 487 (5 118) | 8 922 (5 443) | 9 260 (5 658) | 9 412 (5 790) |
– prosentdel som har barnehagelærarutdanning | 28,5 | 26,8 | 27,2 | 25,9 | 25,5 |
Grunnbemanninga er dei tilsette i barnehagen som jobbar direkte med barna. Det omfattar pedagogiske leiarar, andre pedagogar, fagarbeidarar med fagbrev i barne- og ungdomsarbeidarfaget og assistentar.
Kjelder: Utdanningsdirektoratet (BASIL), Statistisk sentralbyrå
Ved utgangen av 2023 var det 95 592 tilsette som utførte 78 223 årsverk i barnehagane. Skilnaden mellom talet på tilsette og talet på årsverk viser at det er mange tilsette som jobbar deltid.
Det var 64 436 årsverk i grunnbemanninga i barnehagen i 2023, altså dei som jobbar direkte med barna. 42,2 pst. av årsverka i grunnbemanninga har barnehagelærarutdanning, medan 22,8 pst. av årsverka i grunnbemanninga har fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar.
Bemanningsnorma for barnehagen tok til å gjelde frå 1. august 2018. Norma inneber at barnehagen skal ha minst éin tilsett per tre barn under 3 år og éin tilsett per seks barn over 3 år. Frå same tidspunkt blei også pedagognorma i barnehagen skjerpa, slik at barnehagen skal ha minst éin pedagogisk leiar per sju barn under 3 år og éin pedagogisk leiar per 14 barn over 3 år.
Per desember 2023 var grunnbemanninga i barnehagane på nasjonalt nivå i snitt 5,7 barn per vaksen dersom ein korrigerer for alder og opphaldstid. Vaksne er målt i årsverka til pedagogiske leiarar og assistentar. Det har vore ein sterk reduksjon i talet på barn per vaksen sidan bemanningsnorma blei innført. 99 pst. av barnehagane oppfylte bemanningsnorma i 2023, noko som er på same nivå som året før.
65 pst. av barnehagane oppfylte den skjerpa pedagognorma utan bruk av dispensasjon per desember 2023, ned frå 67 pst. i 2022. Prosentdelen pedagogiske leiarar med dispensasjon frå utdanningskravet har òg auka med nesten 1 prosenteining til 7,6 i 2023. Totalt manglar det 2 822 årsverk for å oppfylle pedagognorma i alle barnehagar utan bruk av dispensasjon, ein auke på 242 årsverk frå 2022.
Tabell 7.8 Bemanningstettleik og pedagogtettleik, 2018–2023
2018 | 2019 | 2020 | 2021 | 2022 | 2023 | |
---|---|---|---|---|---|---|
Talet på barn per årsverk i grunnbemanninga, korrigerte for alder og opphaldstid (bemanningstettleik) | 5,8 | 5,7 | 5,7 | 5,7 | 5,7 | 5,7 |
Prosentdel av barnehagar som oppfyller bemanningsnorma (bemanningstettleik på 6,0 eller lågare) 1 | 75 | 94 | 99 | 99 | 99 | 99 |
Prosentdel av barnehagar som oppfyller den skjerpa pedagognorma utan dispensasjon2 | 53 | 64 | 69 | 71 | 67 | 65 |
Prosentdel av pedagogiske leiarar med dispensasjon frå utdanningskravet | 10,2 | 8,7 | 6,8 | 5,9 | 6,7 | 7,6 |
1 Bemanningsnorma tok til å gjelde 1. august 2018, men barnehagane hadde eitt år på seg til å innfri kravet.
2 Den skjerpa pedagognorma tok til å gjelde 1. august 2018.
Kjelde: Utdanningsdirektoratet (BASIL)
Det har tidlegare vore stor skilnad på barnehagane i dei målbare faktorane som utgjer ramma rundt barnehagekvardagen, men dei seinare åra har det vore ein sterk reduksjon i ulikskapen mellom barnehagar når det gjeld barn per årsverk i grunnbemanninga og barn per årsverk pedagogiske leiarar med godkjend utdanning. Dette må sjåast i samanheng med innføringa av bemanningsnorma og skjerpa pedagognorm i 2018.
Det er berre ein liten skilnad i prosentdelen barnehagelærarar eller tilsvarande mellom kommunale og private barnehagar, medan prosentdelen barne- og ungdomsarbeidarar er nesten dobbelt så høg for dei kommunale. Private barnehagar har 10 prosenteiningar høgare prosentdel med annan bakgrunn i grunnbemanninga enn kommunale barnehagar.
Av alle tilsette i grunnbemanninga i barnehagen i 2023 var 10,5 pst. menn. Grunnbemanninga omfattar dei tilsette i barnehagen som jobbar direkte med barna. Frå 2018 til 2023 har det vore ein auke på om lag 1 prosenteining i prosentdelen menn i grunnbemanninga.
Tabell 7.9 Menn i barnehagane, 2018–2023
2018 | 2019 | 2020 | 2021 | 2022 | 2023 | |
---|---|---|---|---|---|---|
Prosentdel menn av tilsette i grunnbemanninga | 9,5 | 9,8 | 9,9 | 10,1 | 10,2 | 10,5 |
Prosentdel mannlege pedagogiske leiarar | 8,9 | 9,3 | 9,8 | 10,1 | 10,2 | 10,4 |
Prosentdel menn av tilsette i anna grunnbemanning1 | 9,9 | 10,1 | 10,0 | 10,1 | 10,3 | 10,5 |
1 Tidlegare år har anna grunnbemanning blitt omtala som assistentar.
Kjelde: Utdanningsdirektoratet (BASIL)
I 2023 omfatta opptaket på barnehagelærarutdanninga 1 932 studentar, noko som betyr at den negative trenden i opptak til barnehagelærarutdanninga held fram. Talet på ferdig uteksaminerte barnehagelærarar har auka med 142 sidan 2022. Prosentdelen menn i opptaket har variert sidan 2018. Prosentdelen uteksaminerte menn har auka over dei siste åra, men var lågare i 2023 enn året før.
Tilsette med innvandrarbakgrunn utgjorde i 2023 om lag 19 pst. av personalet som arbeider direkte med barna i barnehagane, og dei aller fleste av desse har sjølv innvandra. Norskfødde med innvandrarforeldre utgjorde berre 1 pst. av dei tilsette. Dei siste tre åra har delen tilsette med innvandrarbakgrunn auka noko, frå 17 pst. i 2021 til 19 pst. i 2023.
Tabell 7.10 Utdanning av barnehagelærarar ved statlege og private høgskular og universitet, 2018–2023
2018 | 2019 | 2020 | 2021 | 2022 | 2023 | |
---|---|---|---|---|---|---|
Opptak til barnehagelærarutdanning | 2 959 | 3 094 | 3 144 | 3 011 | 2 403 | 1 932 |
– prosentdel menn | 19,6 | 18,7 | 18,6 | 19,0 | 21,2 | 18,3 |
Uteksaminerte barnehagelærarar | 2 030 | 2 249 | 2 190 | 2 272 | 2 099 | 2 241 |
– prosentdel menn | 15,4 | 15,7 | 15,1 | 16,7 | 15,5 | 14,7 |
Kjelde: Database for statistikk om høgare utdanning (DBH)
Prosentdelen studentar med innvandrarbakgrunn i barnehagelærarutdanninga har auka dei siste tre åra. Av 6 400 studentar i 2023 utgjorde dei med innvandrarbakgrunn 22 pst., høvesvis 17 pst. som sjølve har innvandra, og 5 pst. norskfødde med innvandrarforeldre.
Foreldrebetaling og moderasjonsordningar i barnehagen
Regjeringa har frå 1. august 2024 redusert maksprisen i barnehage til 2 000 kroner per månad nasjonalt, og til 1 500 kroner i kommunar med sentralitetsindeks 5 og 6. Sjå meir om regjeringa sin politikk i programkategori 07.30 Barnehagar.
Det er innført to nasjonale moderasjonsordningar i barnehagen for familiar med låg inntekt. Minstekrav til redusert foreldrebetaling gjer at ingen familiar må betale meir enn 6 pst. av samla skattbar inntekt for ein barnehageplass, med maksprisen som ei øvre grense. Ordninga med gratis kjernetid gjer at barn frå familiar med inntekt under ei gitt grense har rett til 20 timar gratis opphald i barnehagen i veka. Denne ordninga gjeld for 2–5-åringar. Familiar med meir enn eitt barn i barnehage har også rett til søskenmoderasjon.
Frå 1. august 2024 har barn frå familiar med inntekt under 642 700 kroner rett til gratis kjernetid i barnehagen. Tal frå rapporteringssystemet til kommunane viser at 28 858 barn fekk innvilga gratis kjernetid i barnehage i 2023.
I 2023 fekk totalt 36 668 barn lågare opphaldsbetaling på grunn av låg inntekt. 30 328 hushald fekk redusert opphaldsbetaling på grunn av låg inntekt. 1 584 barn har i tillegg friplass i barnehage.
Dersom ein familie har meir enn eitt barn i barnehage i same kommune, har familien rett til søskenmoderasjon i foreldrebetalinga. Denne ordninga gjeld uavhengig av inntekt. Reduksjonen for det andre barnet er minimum 30 pst. Frå 2023 vart det innført gratis barnehageplass frå det tredje barnet. I 2023 fekk 48 730 barn søskenmoderasjon, og det er 2 017 færre enn i 2022.
Tabell 7.11 Moderasjonsordningar i barnehagen, 2019–2023
2019 | 2020 | 2021 | 2022 | 2023 | |
---|---|---|---|---|---|
Inntektsgrense for gratis kjernetid (i kroner) | 548 500 | 566 100 | 583 650 | 598 825 | 615 590 |
Hushald som har fått reduksjon i foreldrebetaling på grunn av låg inntekt1 | 35 261 | * 3 | 35 136 | 33 434 | 30 328 |
Barn som har fått innvilga lågare opphaldsbetaling fordi foreldra har låg inntekt1 | 43 310 | * 3 | 42 758 | 39 673 | 36 668 |
Barn med rett til lågare opphaldsbetaling på grunn av låg inntekt (overslag for 2023)2 | 53 825 | 51 132 | 46 020 | 33 611 | 34 700 |
Barn som har fått innvilga gratis kjernetid fordi foreldra har låg inntekt1 | 33 991 | 33 917 | 34 382 | 32 095 | 28 858 |
Barn med rett til gratis kjernetid på grunn av låg inntekt (overslag for 2023)2 | 42 452 | 40 732 | 37 018 | 31 880 | 27 700 |
Barn som får søskenmoderasjon | 48 594 | 47 712 | 47 265 | 50 747 | 48 730 |
1 Omfattar også lokale ordningar med inntektsgrenser som er høgare enn dei nasjonale minstekrava.
2 Omfattar dei som har rett til ordninga i medhald av dei nasjonale minstekrava.
3 Tal for 2020 manglar på grunn av feilrapportering.
Kjelder: Kunnskapsdepartementet, Utdanningsdirektoratet, Statistisk sentralbyrå
Barn med behov for særskild tilrettelegging
Barn under opplæringspliktig alder som har eit særleg behov for spesialpedagogisk hjelp, har rett til slik hjelp etter § 31 i barnehagelova. Retten gjeld uavhengig av om barnet går i barnehage eller ikkje. Barn med behov for særskild tilrettelegging er ei samansett gruppe. Mange av desse barna har nedsett funksjonsevne, som kan omfatte fysiske funksjonshemmingar, utviklingshemmingar, språk- og talevanskar, åtferdsvanskar og psykiske lidingar.
Prosentdelen barn i barnehage som får spesialpedagogisk hjelp etter § 31 i barnehagelova, har auka over tid. I 2023 fekk 3,6 pst. av barna i barnehage spesialpedagogisk hjelp. 71 pst. av barna som får spesialpedagogisk hjelp er gutar. Den spesialpedagogiske hjelpa i barnehagen heng ofte saman med utfordringar med språkutvikling og åtferdsvanskar. Prosentdelen som får spesialpedagogisk hjelp, aukar frå 0,3 pst. blant barna under 2 år til 7,7 pst. blant 5-åringane.
Tabell 7.12 Barn i barnehage som får spesialpedagogisk hjelp, 2018–2023
2018 | 2019 | 2020 | 2021 | 2022 | 2023 | |
---|---|---|---|---|---|---|
Tal | 8 813 | 9 190 | 9 255 | 9 725 | 9 759 | 9 733 |
Prosentdel | 3,2 | 3,3 | 3,4 | 3,6 | 3,6 | 3,6 |
Kjelde: Utdanningsdirektoratet
Barn i asylmottak som går i barnehage
Barn i asylmottak har ikkje rett til barnehageplass, men det er lagt økonomisk til rette for at dei kan få eit tilbod. Staten har finansiert heiltidsplassar for 4- og 5-åringar sidan 2011, og for 1-, 2- og 3-åringane sidan 2020, etter ein kortare periode med finansiering av gratis kjernetid. I og med at barnefamiliar i asylmottak er prioriterte for busetjing og busetjingar kan skje året rundt, er det variasjon i tala for deltaking i barnehage i kommunar som har asylmottak. Utlendingsdirektoratet har ikkje registreringar som viser nøyaktig prosentdel barn som nyttar seg av plassane.
Kostnader i og finansiering av barnehagar
Barnehagesektoren består av om lag halvparten kommunale og halvparten private barnehagar. Private barnehagar får driftstilskot per heiltidsplass rekna ut frå gjennomsnittlege ordinære driftsutgifter i tilsvarande kommunale barnehagar i same kommune. Prosentdelen barnehageutgifter av dei samla brutto driftsutgiftene til kommunane har vore stabil i dei seinare åra og var i 2023 på 11,3 pst.
Tabell 7.13 Driftsutgifter til barnehage i kommunane, 2018–2023
2018 | 2019 | 2020 | 2021 | 2022 | 2023 | |
---|---|---|---|---|---|---|
Brutto driftsutgifter til barnehage (mill. kroner)1 | 52 308 | 54 674 | 54 861 | 58 490 | 60 772 | 67 195 |
Prosentdel av brutto driftsutgifter til barnehage | 11,5 | 11,4 | 11,2 | 11,2 | 11,0 | 11,3 |
Korrigerte brutto driftsutgifter2 per barn3 i kommunal barnehage (kroner) | 215 203 | 227 831 | 225 646 | 251 928 | 267 008 | 295 657 |
Løpande prisar.
1 Brutto driftsutgifter er driftsutgifter til kommunen sin eigen tenesteproduksjon og kjøp av tenester frå andre.
2 Korrigerte brutto driftsutgifter er driftsutgifter til kommunen sin eigen tenesteproduksjon.
3 Korrigert for alder og opphaldstid.
Kjelde: KOSTRA (Statistisk sentralbyrå)
Det har vore ein nominell auke i dei korrigerte brutto driftsutgiftene per barn i kommunale barnehagar på om lag 10 pst. frå 2022 til 2023, og den reelle auken har vore på om lag 6 pst. Figur 7.6 viser spreiinga mellom kommunar i korrigerte brutto driftsutgifter per barn i kommunale barnehagar og korrigerte brutto driftsutgifter per elev i grunnskulen og skulefritidsordninga. Figuren viser at det er skilnader på kor mykje dei ulike kommunane bruker på dei ulike tenestene. Skilnadene mellom kommunar kan til dømes kome av geografiske skilnader, ulikt økonomisk handlingsrom eller skilnader i prioritering av barnehagar, skule og SFO framfor andre tenestetilbod. At kostnadsnivået kan tilpassast på lokalt nivå, er eit av formåla med rammefinansiering av kommunesektoren. Figuren viser òg at variasjonen i kommunale driftsutgifter ikkje er unik for barnehagesektoren.
Barnehagane er delvis finansierte gjennom foreldrebetaling, men dei er hovudsakleg finansierte av det offentlege. 90,1 pst. av drifta i dei kommunale barnehagane var i 2023 finansiert av det offentlege, ein auke sidan 2022.
Tabell 7.14 Finansiering av kommunale barnehagar, 2017–2023 (i pst. av totale driftsmidlar)
2017 | 2018 | 2019 | 2020 | 2021 | 2022 | 2023 | |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Prosentdel av driftsmidlar finansierte gjennom foreldrebetaling | 13,5 | 13,4 | 12,9 | 11,9 | 12,2 | 11,7 | 9,9 |
Prosentdel av driftsmidlar finansierte av det offentlege | 86,4 | 86,6 | 87,1 | 88,1 | 87,8 | 88,3 | 90,1 |
Kjelde: Statistisk sentralbyrå
Figur 7.7 viser at det over tid har vore stor spreiing i lønnsemda til ulike private aktørar. Driftsmarginen til private barnehagar var på 1,1 pst. i 2022, ned frå 2,5 i 2021. Lønnsemda har òg gått noko ned blant dei ideelle og einskildståande barnehagane.
8 Likestilling og arbeid mot diskriminering
Kunnskapsdepartementets arbeid med likestilling og mot diskriminering er eit systematisk og langsiktig haldningsarbeid som startar i barnehagen, blir vidareført i skulen og må ligge til grunn i fagskulane, på universiteta og høgskulane og i forskinga. Målet er at alle skal ha like sjansar uavhengig av kjønn, seksuell orientering, kjønnsidentitet og kjønnsuttrykk, funksjonsevne, etnisk bakgrunn og religion. Som offentleg myndigheit er departementa forplikta til å vurdere likestillingskonsekvensar i alt sitt arbeid, jf. likestillings- og diskrimineringslova § 24.
Arbeid for likestilling og mot diskriminering i barnehage og skule
Barnehage
Formålsparagrafen for barnehagen seier mellom anna at barnehagen skal bygge på grunnleggande verdiar som respekt for menneskeverdet, åndsfridom og likeverd, og at verksemda skal fremje demokrati og likestilling og motarbeide alle former for diskriminering.
Forskrift om rammeplan for barnehagens innhald og oppgåver seier mellom anna at barnehagen skal fremje likeverd og likestilling uavhengig av kjønn, funksjonsevne, seksuell orientering, kjønnsidentitet og kjønnsuttrykk, etnisitet, kultur, sosial status, språk, religion og livssyn.
Barnehagen skal motverke diskriminering, fordommar, stereotypiar og rasisme og fremje nestekjærleik. Barnehagen skal medverke til at kulturelt mangfald blir til glede for heile barnegruppa. Barnehagen skal synleggjere eit mangfald av familieformer og sørge for at alle barn får spegla familien sin i barnehagen. Barnehagen skal bygge verksemda på prinsippet om likestilling og ikkje-diskriminering og bidra til at barna møter og skaper eit likestilt samfunn. Alle skal ha like sjansar til å bli sett, høyrde og oppmuntra til å delta i fellesskap i alle aktivitetar i barnehagen. Personalet må reflektere over sine eigne haldningar for best mogleg å kunne formidle og fremje likeverd og likestilling.
Barnehagane skal jobbe for at alle barn har det trygt og godt i barnehagen, og alle tilsette har plikt til å følge med på korleis barna i barnehagen har det. Dersom eit barn opplever at det ikkje er trygt og godt å vere i barnehagen, skal det gjerast noko med det. Dette gjeld mellom anna dersom barnet opplever krenkingar som til dømes utestenging, vald, mobbing, diskriminering eller trakassering, jf. barnehagelova kapittel VIII.
Skule
Det følger av opplæringslova kapittel 12 at alle elevar har rett til eit trygt og godt skulemiljø som fremjar helse, inkludering, trivsel og læring. Skulen skal ha nulltoleranse mot krenkingar som mobbing, vald, diskriminering og trakassering, og har plikt til å arbeide kontinuerleg for å sikre elevane eit trygt og godt skulemiljø.
Formålsparagrafen i opplæringslova seier mellom anna at opplæringa skal bygge på grunnleggande verdiar som respekt for menneskeverdet, åndsfridom og likeverd, at ho skal fremje demokrati og likestilling, at ho skal gi innsikt i kulturelt mangfald og vise respekt for den einskilde si overtyding og at alle former for diskriminering skal motarbeidast.
Overordna del av læreplanverket utdjupar verdigrunnlaget i formålsparagrafen og dei overordna prinsippa for grunnopplæringa. Han gjer òg greie for det breie samfunnsoppdraget skulen har, som både er å danne og å utdanne. Overordna del gir retning for opplæringa i fag, og alle fag bidreg til å realisere formålet med opplæringa. Skulen skal formidle kunnskap og fremje haldningar som sikrar verdiar som det ukrenkelege menneskeverdet, likestilling og likeverd.
Læreplanane for fag gir rammer for innhald og mål i faga. Læreplanane i samfunnsfag, historie, samfunnskunnskap, norsk, musikk og KRLE har kompetansemål som bidreg til at elevane gjennom heile skuleløpet får heilskapleg kunnskap om likestilling, diskriminering, trakassering og rasisme. Heilskapen bidreg også til at dei får innsikt i demokratiske verdiar og spelereglar. Gjennom skulegangen skal elevane lære om korleis ein lever saman med ulike perspektiv, haldningar og syn på livet. Elevane skal øve seg på å tenke kritisk, ta ulike perspektiv og handtere meiningsbryting gjennom refleksjon, dialog og diskusjon. I samfunnsfag er det til dømes kompetansemål som viser at elevane skal drøfte kva likeverd og likestilling har å seie for eit demokratiet, og at dei skal utvikle forslag til korleis ein kan motarbeide fordommar, rasisme og diskriminering.
Skulen skal vere eit inkluderande fellesskap der elevane får støtte både til fagleg og sosial utvikling. At det er slik, skal elevane få oppleve både når dei arbeidar med dei ulike faga og i skulekvardagen elles. Skulen er ein stad der alle barn og unge møtest, og derfor har skulen eit stort ansvar både for livet til elevane her og no og for dei verdiane dei tek med seg vidare i livet og ut i samfunnet.
Læreplanverket omfattar tre tverrfaglege tema, folkehelse og livsmeistring, demokrati og medborgarskap og berekraftig utvikling. Dei tre tverrfaglege tema i læreplanverket tek utgangspunkt i aktuelle samfunnsutfordringar. Gjennom arbeidet med temaet demokrati og medborgarskap skal elevane mellom anna få kunnskapar og ferdigheiter til å møte utfordringar i tråd med demokratiske prinsipp. Dei skal øve opp evna til å tenke kritisk, dei skal lære seg å handtere meiningsbrytingar og respektere usemje. Det tverrfaglege temaet folkehelse og livsmeistring tek for seg tema som verdival, mellommenneskelege relasjonar, seksualitet, å kunne setje grenser og å respektere grensene til andre.
Det er ein nær samanheng mellom arbeidet mot hat, rasisme og diskriminering og arbeidet med å skape trygge og gode barnehage- og skulemiljø der alle er inkluderte. Det er allereie fleire tiltak som kan hjelpe barnehagane og skulane med dette viktige arbeidet. Døme på dette er Læringsmiljøprosjektet, skulemiljøteam og ulike nettbaserte tilbod. For meir omtale, sjå del II, programkategori 07.20 Grunnopplæringa.
Støtteressursar og kompetanseheving for lærarar
Regjeringa vil bidra til at lærarar får betre kunnskap om kjønns- og seksualitetsmangfald, og Utdanningsdirektoratet har i samarbeid med Helsedirektoratet utarbeidd ein støtteressurs for lærarar om seksualitet og kjønn. LHBTIQ-perspektivet er omtala i støtteressursane og vil bli ytterlegare forsterka. I tildelingsbrevet for 2024 har departementet bede direktoratet om følgande:
Utdanningsdirektoratet skal vurdere hvilket behov lærere har for økt kompetanse om lhbt+, og eventuelt styrke kompetansetilbudet på dette området samt styrke støtte- og veiledningsressurser til undervisning om kjønn og seksualitet, for å støtte praksiser og situasjoner som kan fremme et godt selvbilde og positiv kroppsidentitet i kroppsøvingsfaget.
På nettsidene til Utdanningsdirektoratet ligg det i tillegg støtte til å arbeide med læreplanverket. Det er mellom anna utvikla ein kompetansepakke med tema som verdiløftet i læreplanverket i praksis og om tverrfaglege tema.
Handlingsplanar og strategiar
Det ligg føre handlingsplanar og strategiar som har relevans for det heilskaplege arbeidet for likestilling og mot diskriminering i både barnehagar og grunnopplæringa.
Regjeringa vil ha ein sterkare innsats i likestillingspolitikken gjennom ein strategi for likestilling mellom kvinner og menn. Gjennom strategien vil regjeringa legge rammene for likestillingspolitikken. Likestillingsstrategien har seks hovudprioriteringar:
økonomisk sjølvstende og eit likestilt arbeidsliv
færre kjønnsdelte utdanningsval
eit samfunn uten vald, valdtekt, seksuell trakassering og netthets
fridom frå negativ sosial kontroll og æresrelatert vald
betre helse for kvinner og menn
eit godt verkemiddelapparat for likestilling
Strategien skal etter planen leggast fram i løpet av 2024. For nærare omtale sjå Prop. 1 S (2024–2025) for Kultur- og likestillingsdepartementet.
Kultur- og likestillingsdepartementet arbeider òg med ei melding til Stortinget om seksuell trakassering. Meldinga skal omfatte ei kartlegging av omfanget av seksuell trakassering og forslag til førebyggande tiltak mot seksuell trakassering i arbeidslivet, i opplæringssektoren og på kultur- og fritidsarenaer. Regjeringa tek sikte på å legge fram meldinga før jul 2024.
Ny opplæringslov, som tok til å gjelde 1. august 2024, vidarefører retten til opplæring i og på norsk teiknspråk. Vilkåret etter den nye lova er at eleven har ei høyrselshemming. Dei nye reglane opnar for større fleksibilitet og inneber ei forenkling av dagens reglar. Dei ulike justeringane i reglane er nærare omtala i Prop. 57 L (2022–2023) Lov om grunnskoleopplæringa og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova), kap. 29.
Regjeringa har mål om at vidaregåande opplæring skal gi alle elevar kompetansen dei treng i arbeidslivet og i vidare utdanning, og legge grunnlag for å delta i samfunnet. Fullføringsreforma skal sikre eit likeverdig tilbod til alle uavhengig av kva funksjonsevne dei har. Det er derfor viktig at alle tiltaka i reforma blir utforma på ein slik måte at dei treff behova til elevar med funksjonsnedsetjingar. Tett dialog med brukarorganisasjonane for personar med funksjonsnedsetjingar er derfor nødvendig om ein skal løyse utfordringane elevane opplever i dag, og slik gjere tilbodet i vidaregåande opplæring betre.
Kunnskapsdepartementet har gitt Utdanningsdirektoratet eit særleg ansvar for at brukarorganisasjonane for personar med funksjonsnedsetjingar blir involverte i arbeidet med å utvikle tiltaka i fullføringsreforma. Direktoratet skal ha tett og systematisk dialog med brukarorganisasjonane gjennom heile reformarbeidet. Elevar med funksjonsnedsetjingar er ei mangfaldig gruppe med ulike tilretteleggingsbehov. Det er derfor viktig at involveringa sikrar at ein får fram breidda i dei behova elevane har.
Arbeid for likestilling og mot diskriminering i høgare utdanning og forsking
Kjønnskvoter for opptak til studium
Det har i mange år vorte gitt tilleggspoeng til det underrepresenterte kjønnet (kjønnspoeng) ved opptak til nokre studium ved universitet og høgskular. Opptaksutvalet foreslo i 2022 å fjerne kjønnspoeng og i staden innføre kjønnskvoter på studium. I Meld. St. 20 (2023–2024) Opptak til høgare utdanning og i Meld. St. 19 (2023–2024) Profesjonsnære utdanningar over heile landet foreslo regjeringa å innføre bruk av kjønnsnøytrale kvotar på aktuelle studium med stor kjønnsubalanse. Stortinget har slutta seg til forslaga i meldingane, jf. Innst. 378 S (2023–2024) og Innst. 330 S (2023–2024). Det er presisert at kvotane normalt ikkje skal setjast høgare enn at kvart kjønn skal vere representert med minst 20 pst. på studiet. Regjeringa foreslår vidare å avvikle ordninga med tilleggspoeng til det underrepresenterte kjønnet, ettersom kjønnspoeng har vist seg lite effektivt og treffsikkert. Det er forventa at kjønnskvotar vil gi betre effekt for å betre kjønnsbalansen i fag med stor kjønnsubalanse. Det er ikkje bestemt når endringane skal ta til å gjelde, men generelt vil dei fleste forslaga i Meld. St. 19 (2023–2024) tidlegast kunne ta til å gjelde frå 2027. For opptak til studieåret 2024–25 får menn tilleggspoeng ved desse studia:
veterinær- og dyrepleie ved NMBU
toll, vareførsel og grensekontroll ved Universitetet i Stavanger
bioingeniør ved UiT – Noregs arktiske universitet og NTNU
sjukepleie ved Lovisenberg diakonale høgskule og Universitetet i Agder
barnevernspedagogutdanning ved OsloMet
profesjonsstudium i psykologi ved UiT – Noregs arktiske universitet, NTNU, UiB og UiO
For opptak til studieåret 2024–25 får kvinner tilleggspoeng ved desse studia ved NTNU:
åtte treårige ingeniørgrader
bachelorstudium i programmering
bachelorstudium i digital infrastruktur og cybertryggleik,
bachelorstudium i fysikk
bachelorstudium i musikkteknologi
Likestilling blant tilsette i høgare utdanning og forsking
Blant doktorgradsstipendiatane er det ein noko høgare prosentdel kvinner enn menn. Kvinnedelen blant stipendiatane aukar år for år; i 2023 blei 56 pst. av stipendiatårsverka utførte av kinner. Kvinnedelen er lågare blant dei tilsette totalt, men også her har han vore aukande over ein periode. Dei siste ti åra har kvinnedelen i dosent- og professorstillingar auka frå 27 til 37 pst. Medan kjønnsfordelinga alltid er prega av historiske forhold, gir fordelinga blant nye professorar eit anna tidsbilete.
Det er fleire kvinner enn menn som er mellombels tilsette ved universitet og høgskular. Regjeringa har som mål å redusere mellombelse tilsetjingar i sektoren, slik at ein med tida kjem ned mot det same nivået som i arbeidslivet elles. Mellom anna har regjeringa stramma inn tilgangen til tilsetjing i mellombelse stillingar gjennom endringar i universitets- og høgskulelova. Regjeringa følger og opp utviklinga i etatsstyringa og har ei klar forventning til utdanningsinstitusjonane om at dei jobbar målretta med bemanningsplanlegging og sørger for at det framover blir ein monaleg reduksjon i mellombelse tilsetjingar.
Komité for kjønnsbalanse og mangfald i forsking (Kif) skal støtte opp om og gi råd om tiltak som bidreg til å integrere arbeidet med kjønnsbalanse og mangfald ved universiteta, høgskulane og forskingsinstitutta. Arbeidet skal medverke til betre kjønnsbalanse og meir mangfald blant dei tilsette og i forskinga. I Meld. St. 19 (2023–2024) Profesjonsnære utdanningar over heile landet varsla regjeringa at Kif-komiteen for neste periode skal arbeide for betre kjønnsbalanse også i utdanningane, og departementet vil endre mandatet til komiteen for neste periode, frå 2026.
Arbeid mot rasisme, antisemittisme og hatytringar
Som omtala ovanfor, er det er ein nær samanheng mellom arbeidet mot hat, rasisme og diskriminering og arbeidet med å skape trygge og gode barnehage- og skulemiljø der alle er inkluderte. Det er allereie fleire tiltak som kan hjelpe barnehagane og skulane med dette viktige arbeidet. For meir omtale, sjå del II, programkategori 07.20 Grunnopplæringa.
Freds- og menneskerettssentera skal dokumentere, forske på og formidle om demokrati, fred og menneskerettar, fangehistorie og folkemord. 22. juli-senteret skal gjennom utstillingar, undervisning og andre pedagogiske opplegg forvalte minnet om terrorangrepet i regjeringskvartalet og på Utøya 22. juli 2011 og setje det inn i både ein historisk og ein dagsaktuell kontekst. Aktiviteten ved sentra er mellom anna retta mot grunnopplæringa, og regjeringa foreslår å styrke sentra frå 2025. For meir omtale, sjå del II under kap. 224 og kap. 229.
Demokratisk beredskap mot rasisme, antisemittisme og udemokratiske haldningar (Dembra) er eit nasjonalt kurstilbod som gir kompetanseutvikling for lærarstudentar (Dembra LU), lærarar, skuleleiarar og andre tilsette i grunnopplæringa. Dembra dekker barneskulen, ungdomsskulen, vidaregåande opplæring og lærarutdanningane. Læringsressursane som er utvikla, dekker områda hatefulle ytringar, antisemittisme, rasisme, ekstremisme, diskriminering av minoritetar og udemokratiske haldningar. Desse læringsressursane blir brukte i lærarutdanningane, i etterutdanningane og til skulebasert kompetanseheving. Dembra engasjerer dei nasjonale freds- og menneskerettssentera i arbeidet. Det er etablert regionale knutepunkt for Dembra-arbeidet over heile landet. Dembra-materiell finst også tilgjengeleg på nordsamisk, lulesamisk og sørsamisk.
Senter for studier av Holocaust og livssynsminoriteter (HL-senteret) fekk i 2023 eit eittårig tilskot på 1,1 mill. kroner til prosjekta Digitale ressurser for profesjonsutvikling knytt til kontroversielle temaer og Kompetanseheving for lærere for å styrke skular og lærarar i handteringa av og undervisninga om krevjande og konfliktfylt tematikk. Ressursane blei ferdigstilte i juni 2024. Ein undervisningspakke om konspirasjonsteoriar og konspirasjonstenking for vidaregåande opplæring og lærarutdanningane vil vere ferdig ved utgangen av 2024. Sjå omtale av rapporten om bruken av midlar i 2023 og forslag til løyving til Dembra for 2025 under kap. 226, post 21. Sjå også omtale av eit oppmodingsvedtak om styrking av Dembra i del I, kap. 3 Oppfølging av oppmodingsvedtak.
Regjeringa vil førebygge og kjempe mot rasisme og etnisk diskriminering i det norske samfunnet. Arbeids- og inkluderingsdepartementet la derfor i november 2023 fram Handlingsplan mot rasisme og diskriminering – ny innsats 2024–2027. Handlingsplanen skal bidra til å nå målet til regjeringa om å bygge eit samfunn med sterke fellesskap og like moglegheiter for alle.
Ekstremismekommisjonen blei oppnemnd i juni 2022 og leverte i mars 2024 NOU 2024: 3 Felles innsats mot ekstremisme: Bedre vilkår for det forebyggende arbeidet. Regjeringa skal våren 2025 legge fram ei melding om tema som kommisjonen tok opp.
Regjeringa tar sikte på å legge fram ein ny handlingsplan mot antisemittisme hausten 2024, jf. omtale i Prop. 1 S (2024–2025) for Kommunal- og distriktsdepartementet.
Regjeringa tek i tillegg sikte på å legge fram ein ny tverrdepartemental handlingsplan mot diskriminering og hat mot muslimar hausten 2024, jf. omtale i Prop. 1 S (2024–2025) for Kultur- og likestillingsdepartementet.
Likestilling i Kunnskapsdepartementet
Det følger av likestillings- og diskrimineringslova § 26 at alle arbeidsgivarar har plikt til å arbeide aktivt, målretta og planmessig for å fremje likestilling og hindre diskriminering innanfor eiga verksemd (aktivitets- og meldeplikta). Nedanfor er ei oversikt over status for arbeidet med likestilling og mangfald for Kunnskapsdepartementet. Når det gjeld rapporteringa frå dei ulike verksemdene og etatane utanom departementet, viser departementet til årsrapportane til dei einskilde verksemdene og etatane. Tabell 8.1 viser kjønnsbalansen i Kunnskapsdepartementet, og kvinners lønn i pst. av menns lønn, totalt og for dei ulike stillingskategoriane i departementet.
Tabell 8.1 Tilstandsrapport om kjønnsbalanse og lønn i Kunnskapsdepartementet i 2023
Kjønn | Kvinners lønn i pst. av menns | |||
---|---|---|---|---|
Kvinner (pst.) | Menn (pst.) | Totalt (N) | ||
Alle tilsette | 66 | 34 | 309 | 95,5 |
Toppleiing, ikkje omfatta av Hovudtariffavtalen i staten: departementsråd, ekspedisjonssjef | 57 | 43 | 7 | 90,4 |
Tilsette i Kunnskapsdepartementet omfatta av Hovudtariffavtalen i staten, totalt | 34 | 66 | 302 | 96,5 |
Mellomleiarar | ||||
Avdelingsdirektør med personalansvar, kommunikasjonssjef | 60 | 40 | 30 | 99,6 |
Saksbehandling og administrativt personale | ||||
Avdelingsdirektør utan personalansvar, fagdirektør, spesialrådgivar | 50 | 50 | 40 | 96,5 |
Utgreiingsleiar, underdirektør, prosjektleiar | 75 | 25 | 63 | 101,1 |
Seniorrådgivar | 66 | 34 | 113 | 100,8 |
Rådgivar | 77 | 23 | 47 | 96,2 |
Førstekonsulent, seniorkonsulent | 67 | 33 | 9 | 92,6 |
Tal frå eige lønns- og personalsystem per 31. desember 2023. Lærlingar og tilsette som utfører arbeid som pensjonist, er ikkje inkluderte i oversikta.
Kunnskapsdepartementet ønsker å vere ei likestilt og inkluderande verksemd og arbeider for at alle skal føle seg likestilte og inkluderte. Departementets strategiar, handlingsplanar og regelverk utgjer saman med aktivitets- og meldeplikta fundamentet for departementets arbeid med likestilling og ikkje-diskriminering.
Ved utgangen av 2023 var kjønnsfordelinga i departementet 66 pst. kvinner og 34 pst. menn. Sjølv om det har vore ein marginal reduksjon i prosentdelen kvinner frå 2022, er det framleis ein høg prosentdel kvinnelege tilsette. Toppleiinga i departementet speglar også denne kjønnsfordelinga. Av dei 37 leiarane med personalansvar var 22 kvinner og 15 menn. Dette utgjer 59,4 pst. kvinnelege leiarar. I tillegg er alle tre lærlingane i departementet kvinner.
Kunnskapsdepartementet har som mål at lønn og karrieremoglegheiter skal vere uavhengige av kjønn, alder og etnisk eller kulturell bakgrunn. For å minske risikoen for diskriminering har departementet utarbeidd retningslinjer for lønnsplassering. Gjennomsnittslønna for kvinner har auka frå 95,2 pst. av menn si lønn i 2022 til 95,5 pst. i 2023. Dette kan delvis kome av mellombelse fungeringar i høgare lønte stillingar. Samstundes syner tal for lønnsauken for fast tilsette i perioden 2022–2023 at kvinner i snitt har hatt ein lønnsauke på 5,7 pst., medan auken for menn var 5,5 pst.
Statistikken for 2023 viser at menn og kvinner i Kunnskapsdepartementet har tilnærma lik lønn i dei fleste stillingskategoriane. Kvinner har høgare gjennomsnittleg lønn enn menn i stillingskategoriane prosjektleiar og utgreiingsleiar. Det er òg fleire kvinner i dei lågast lønte stillingskategoriane, noko som påverkar gjennomsnittet for kvinner samla sett. Departementet held fram med å gjere analysar for å avdekke moglege ugrunna skilnader i lønn mellom kjønna.
Grunnlaget for forfremjingar er kjent gjennom lønnspolitikken. I 2023 har departementet arbeidd med å sikre at utviklingsmoglegheitene som finst i departementet, er kjende for alle tilsette. I 2024 arbeider departementet for å gjere faglege karrieremoglegheiter for tilsette i departementet meir synlege og planfaste, mellom anna gjennom eit prosjektarbeid om funksjonstitlar og faglege karrierevegar.
Tabell 8.2 Tilsetjingstilhøve, deltid, foreldrepermisjon og legemeldt sjukefråvær for kvinner og menn i Kunnskapsdepartementet per 31. desember 2023
Mellombels tilsette1(antal) | Deltid1(antal) | Uttak av foreldrepermisjon2 | Legemeldt sjukefråvær (pst.) | |||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|
K | M | K | M | K | M | K | M | |
Totalt i verksemda | 15 | 8 | 3 | 5 | 20,2 | 11,8 | 3,4 | 2,6 |
Tal frå eige lønns- og personalsystem per 31. desember 2023.
1 Antal innanfor kvart kjønn. Lærlingar er inkluderte i tala over mellombels tilsette. Tilsette som utfører arbeid som pensjonist, er ikkje inkluderte i oversikta.
2 Uttak av foreldrepermisjon i gjennomsnitt av talet på veker.
Overtidsbruken i departementet varierer frå år til år, men har gått ned dei siste åra. Ein analyse av overtid mellom kvinner og menn i 2023 viser at fleire kvinner enn menn arbeidde overtid. Årsakene til overtidsbruken kan variere, men individuelle oppgåver og prosjekt kan verke inn på resultata.
Departementet evaluerer òg bruken av mellombelse stillingar årleg. Talet på mellombels tilsette har auka frå 2022 til 2023. Årsakene til auken er at fleire har vore ute i permisjonar og det har vore prosjekt der det har vore nødvendig å nytte mellombelse stillingar. Det er positivt at det heller ikkje i 2023 er identifisert tilsette som har arbeidd ufrivillig deltid. Det er ein marginal reduksjon frå 2022 i uttaket av foreldrepermisjon for kvinner og ein vekst i det same for menn. Det har òg vore ein nedgang i det legemelde sjukefråværet for kvinner og ein auke i det legemelde sjukefråværet for menn frå 2022.
Av søkarane til kunngjorde stillingar i Kunnskapsdepartementet i 2023 var 63,9 pst. kvinner og 36,1 pst. menn. Departementet har framleis som mål å forbetre kjønnsbalansen og auke mangfaldet og opplyser i stillingsannonsanr at departementet har mål om å forbetre kjønnsbalansen og inkludere breiare. Dette arbeidet har fått særleg merksemd dei siste åra, og departementet held fram med å jobbe målretta med dette. Det vart rekruttert 51 personar til departementet i 2023, og av desse var 60,8 pst. kvinner og 39,2 pst. menn. I 2023 utgjer tilsetjingar i målgruppa personar med innvandrarbakgrunn 3,9 pst. Fem av rekrutteringane i 2023 var til leiarstillingar, og i desse stillingane vart fire kvinner og ein mann tilsette. Gjennomsnittleg tal på søkarar per stilling gjekk opp til 48 i 2023, samanlikna med 44 i 2022. Mengda kvinnelege søkarar har halde seg stabilt i 2023 rundt 64 pst. av søkarmassen.
Det er ein auke i mengda menn som blir inviterte til intervju i 2023: 41 pst. At fleire menn blir inviterte til intervju, og at det er ei betring i kjønnsbalansen blant tilsette i 2023, kan truleg tilskrivast at leiarar har hatt auka forståing for dette. Departementet følger tett opp leiarane i rekrutteringsprosessar for å sikre at dei best kvalifiserte for stillinga blir innkalla til intervju, uavhengig kjønn, alder og andre gruppekjenneteikn. Det har i 2023 vore arrangert kurs i rekruttering for leiarar for å sikre at rekrutteringane for søkarar blir gjennomførte på ein profesjonell og inkluderande måte. Departementet vil halde fram arbeidet med mangfald og inkludering, og vil i tida framover særleg fokusere på fellesføringa frå regjeringa, som har bestemt at alle statlege verksemder i 2024 skal ha ei positiv utvikling i talet på tilsetjingar av personar med funksjonsnedsetjing eller fråvær frå arbeid, utdanning eller opplæring.
Kunnskapsdepartementet ønsker å legge til rette for fleksibilitet for begge kjønn i ulike livsfasar, og det er praksis for å legge til rette arbeidstida når tilsette har behov for det, til dømes på grunn av eiga helse. I 2023 byrja departementet eit arbeid med å sjå nærare på rammene for permisjonar ved sjukdom utover eitt år. Arbeidet held fram i 2024. Det er òg gjort eit arbeid med å kommunisere rammene for heimekontor og lage eigne avtalar om heimekontor med tilsette som har behov for heimekontor på grunn av tilrettelegging ved sjukdom eller forhold ved heimesituasjonen.
Kunnskapsdepartementet er oppteke av likestillings- og ikkje-diskrimineringsperspektivet i eiga verksemd, og held fram for at dette perspektivet blir innarbeidd som ein naturleg del av verksemda i departementet. Representantar for dei hovudtillitsvalde i Kunnskapsdepartementet og i departementets arbeidsmiljøutval er orienterte om tiltak knytte til aktivitets- og meldeplikta, til dømes arbeidet med ei arbeidsmiljøundersøking. Undersøkinga vart gjennomført i 2024 og tek opp fleire tema innanfor likestilling og diskriminering, som mobbing, ulik behandling og seksuell trakassering, i tillegg til moglegheiter for kompetanseutvikling og for bruk av heimekontor for tilsette. Oppfølgingsarbeidet held fram i 2024.
Likestilling og mangfald i kunnskapssektoren
I Statens personalhandbok er det nedfelt i pkt. 1.6:
Staten skal speile mangfoldet i befolkningen når det gjelder kjønn, alder, funksjonsevne, etnisk bakgrunn, seksuell orientering mv. Mangfold i den statlige personalstyrken støtter opp under mulighetene for god måloppnåelse og bidrar til at staten kan yte gode tjenester til alle samfunnsborgere uansett bakgrunn og livserfaring.
Oversikter over prosentdelen tilsette etter kjønn og landbakgrunn fortel noko om tilstanden for likestillinga i sektoren Kunnskapsdepartementet har ansvar for.
Tabell 8.3 Prosentdelen menn og kvinner i forvaltningsorgan under Kunnskapsdepartementet i 2023
Verksemd | Tilsette | Prosentdel menn | Prosentdel kvinner | Kvinners lønn i pst. av menns |
---|---|---|---|---|
SIKT – Kunnskapssektorens tenesteleverandør | 371 | 59,0 | 41,0 | 91,1 |
Sekretariatet for Foreldreutvalet for grunnopplæringa og Foreldreutvalet for barnehagane | 9 | 55,6 | 44,4 | 104,4 |
Norsk utanrikspolitisk institutt (NUPI) | 90 | 52,2 | 47,8 | 84,3 |
Statens lånekasse for utdanning | 358 | 41,3 | 58,7 | 95,3 |
Dei samiske vidaregåande skulane, Karasjok og Kautokeino | 108 | 34,3 | 65,7 | 96,8 |
Noregs grøne fagskule – Vea | 35 | 34,3 | 65,7 | 86,8 |
Utdanningsdirektoratet | 369 | 33,6 | 66,4 | 95,9 |
Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) | 468 | 31,2 | 68,8 | 95,8 |
22. juli-senteret | 23 | 30,4 | 69,6 | 115,5 |
Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT) | 89 | 30,3 | 69,7 | 89,5 |
Statleg spesialpedagogisk støtteteneste (Statped) | 562 | 21,0 | 79,0 | 96,2 |
Sørsamisk kunnskapspark | 32 | 18,8 | 81,2 | 88,2 |
Dei nasjonale forskingsetiske komiteane (FEK) | 12 | 16,7 | 83,3 | 88,0 |
Talmaterialet er basert på lønnsopplysningar som blir innhenta frå a-ordninga. Talmaterialet frå a-ordninga blir overført frå SSB til Kommunal- og distriktsdepartementet, som utarbeider talgrunnlag/statistikkrapportar for tilsette i staten (tariffområdet) per 1. oktober 2023. Medarbeidarar med leiarlønn, med leiarlønnsavtale, timelønte og honorarlønte er ikkje med.
I 12 av 13 forvaltningsorgan under Kunnskapsdepartementet tener menn meir enn kvinner. Skilnaden er størst hos Norsk utanrikspolitisk institutt (NUPI) (84,3 pst.), Noregs grøne fagskule – Vea (86,8 pst.) og Dei nasjonale forskingsetiske komiteane (FEK) (88,0 pst.).
Tabell 8.4 Prosentdelen tilsette (årsgjennomsnitt) i verksemder i kunnskapssektoren etter landbakgrunn i 2022 og 2023
2022 | 2023 | |||
---|---|---|---|---|
Verksemd | Gruppe 1 | Gruppe 2 | Gruppe 1 | Gruppe 2 |
Universitetet i Stavanger | 14,6 | 16,8 | 14,5 | 18,3 |
Norges handelshøgskole | 16,4 | 14,5 | 18,9 | 15,6 |
Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet NTNU | 14,0 | 14,7 | 14,5 | 14,9 |
Universitetet i Oslo | 18,5 | 14,4 | 18,6 | 14,7 |
Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU) | 15,8 | 13,3 | 16,1 | 13,9 |
Høgskolen i Molde, vitskapleg høgskole i logistikk | 4,2 | 12,9 | 5,7 | 13,4 |
Universitetet i Agder | 11,6 | 13,2 | 12,0 | 12,8 |
Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet | 16,0 | 12,1 | 16,1 | 12,3 |
Universitetet i Bergen | 18,7 | 11,5 | 18,7 | 12,2 |
Kunsthøgskolen i Oslo | 17,2 | 10,4 | 17,7 | 12,2 |
OsloMet – storbyuniversitetet | 9,6 | 11,3 | 10,0 | 12,0 |
Høgskolen i Østfold | 8,2 | 11,0 | 9,0 | 11,8 |
Norsk utanrikspolitisk institutt (NUPI) | 10,9 | 13,0 | 13,8 | 11,5 |
Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT) | 10,9 | 15,2 | 6,6 | 11,0 |
Universitetet i Søraust-Noreg | 9,5 | 10,7 | 9,9 | 10,9 |
Nord universitet | 9,7 | 9,8 | 9,9 | 10,3 |
Statens lånekasse for utdanning | 2,4 | 7,4 | 2,9 | 8,6 |
Arkitektur- og designhøgskolen i Oslo (AHO) | 21,5 | 9,0 | 20,5 | 8,5 |
Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse | 4,4 | 6,1 | 6,0 | 8,3 |
Noregs idrettshøgskole | 10,0 | 8,1 | 10,1 | 7,7 |
Høgskolen i Innlandet | 9,8 | 6,2 | 10,5 | 7,1 |
Høgskulen på Vestlandet | 8,5 | 6,5 | 8,7 | 7,0 |
Sikt – Kunnskapssektorens tenesteleverandør | 6,9 | 5,8 | 7,0 | 6,2 |
Utdanningsdirektoratet | 2,9 | 4,5 | 3,4 | 4,7 |
Statped | 4,9 | 3,8 | 4,7 | 4,4 |
Kunnskapsdepartementet | 4,0 | 3,6 | 3,1 | 4,4 |
Høgskulen i Volda | 6,0 | 3,7 | 6,0 | 4,2 |
Dei samiske vidaregåande skulane, Karasjok og Kautokeino | 9,6 | 2,4 | 7,6 | 4,2 |
Noregs forskingsråd | 6,5 | 4,0 | 6,8 | 3,9 |
Sàmi allaskuvla – Samisk høgskole | 15,7 | 3,7 | 17,5 | 3,2 |
Noregs musikkhøgskole | 13,9 | 2,7 | 13,4 | 2,6 |
Gruppe 1: Norden utanom Noreg, EU/EFTA, Storbritannia, Nord-Amerika, Australia og New Zealand
Gruppe 2: Asia, Tyrkia, Afrika, Latin-Amerika, Europa utanom EU/EFTA, Oseania utanom Australia og New Zealand
Kjelde: SSB, tabell 12625
Tabellen over viser kor mange innvandrarar som er tilsette i verksemder i kunnskapssektoren, fordelte på landgruppe 1 og 2. Resten av dei tilsette er nordmenn utan innvandrarbakgrunn.
9 Oppfølging av FNs berekraftsmål
Generalforsamlinga i FN vedtok 25. september 2015 resolusjonen Transforming our World: The 2030 Agenda for Sustainable Development. Alle medlemslanda i FN er forplikta til å følge opp dei 17 berekraftsmåla i agendaen. Våren 2021 blei Noregs handlingsplan for å nå berekraftsmåla innan 2030 lagd fram, Meld. St. 40 (2020–2021) Mål med mening. I Noreg har Kunnskapsdepartementet koordineringsansvar for berekraftsmål 4:
Sikre inkluderande, rettferdig og god utdanning og fremje moglegheiter for livslang læring for alle.
Målet har 7 delmål og 3 gjennomføringsmål som dekker alle utdanningsnivåa. Noreg kan vise til gode resultat og framgang på fleire mål under berekraftsmål 4. Utdanninga er av god kvalitet og tilgjengeleg for alle, uavhengig av sosial bakgrunn. I 2024 er Noreg rangert som nummer 7 blant 167 land på SDG-indeksen, som viser utviklinga i verda på tvers av alle dei 17 berekraftsmåla. Dette er stabilt samanlikna med 2023, men ein nedgang frå 2022, då Noreg var rangert som nummer 4. Regjeringa vedtok i 2024 at det skal leggast fram ei ny stortingsmelding om berekraftsarbeidet i Noreg som legg vekt på delmål der Noreg har eit forbetringspotensial.
Kunnskap og utdanning skal legge grunnlag for demokrati, velferd, omstilling og berekraft. Utdanning bidreg til høgare deltaking i samfunns- og arbeidslivet, og utdanning er derfor ein nøkkel til å løyse utfordringane samfunnet står framfor. Ein sterkare fellesskule for alle skaper likeverdige moglegheiter for barn og unge uavhengig av bakgrunn. Det er ei hovudprioritering for regjeringa å få fleire til å fullføre vidaregåande opplæring og kome seg over i vidare utdanning og arbeid. Vidare er regjeringa oppteken av å sikre god tilgang til utdanning, forsking og kompetanse i heile landet.
Kunnskapsdepartementets tilhøyrande verksemder er sentrale i arbeidet med å nå norske målsetjingar på berekraftsmål 4 og dei andre berekraftsmåla. Gjennom det daglege arbeidet i verksemdene jobbar sektoren målretta på ulike nivå med å få fram ny kunnskap og utdanne kandidatar som gjer Noreg betre rusta til å løyse berekraftsutfordringane nasjonalt og internasjonalt. Verksemdene rapporterte på arbeidet med berekraftsmåla i årsrapportane for 2023.
Kunnskapsdepartementet vil halde fram samarbeidet med Utanriksdepartementet om Noregs oppfølging av berekraftsmål 4 i internasjonale organisasjonar. Som ein del av oppfølginga har Noreg ratifisert FNs organisasjon for utdanning, vitenskap, kultur og kommunikasjons (UNESCO) globale konvensjon for godkjenning av høgare utdanning, som vil vere eit viktig verkemiddel for auka mobilitet av studentar og arbeidssøkande på tvers av kontinent. Konvensjonen tok til å gjelde 5. mars 2023, og han er teken inn i den nye universitets- og høgskulelova som gjeld frå 1. august 2024.
I tillegg til ansvar for koordinering av oppfølginga for berekraftsmål 4 bidreg Kunnskapsdepartementet også til fleire delmål under andre berekraftsmål. Nedanfor følger ein kort gjennomgang av status og viktige tiltak i den nasjonale oppfølginga av dei ulike delmåla og gjennomføringsmåla.
Delmål 4.1
Innan 2030 sikre at alle jenter og gutar fullfører gratis og likeverdig grunnskule og vidaregåande opplæring av høg kvalitet som kan gi dei relevant og reelt læringsutbyte.
I Noreg har alle barn rett og plikt til tiårig grunnskuleopplæring frå det året dei fyller seks år. 97 pst. gjekk direkte til vidaregåande opplæring frå 10. trinn i 2023.
Regjeringa har sett ned eit partssamansett utval som har gått gjennom kvalitetsvurderingssystemet i skulen og foreslått endringar i prøvar, verktøy og datakjelder. Målet med gjennomgangen er å legge betre til rette for kvalitetsutvikling på alle nivå i skulen. Utvalet leverte i november 2023 hovudinnstillinga NOU 2023: 27 Eit nytt system for kvalitetsutvikling – for læringa og trivselen til elevane. Rapporten har vore på høyring, og Kunnskapsdepartementet har arrangert tre høyringskonferansar. Tilrådingane frå utvalet er tema i Meld. St. 34 (2023–2024) En mer praktisk skole – Bedre læring, motivasjon og trivsel på 5.–10. trinn som regjeringa la fram i september 2024.
Regjeringa starta i 2024 den nasjonale satsinga Tid for lesing for å styrke kvaliteten på leseopplæringa i skulen og for å bidra til god litteraturformidling i SFO og barnehage. For nærare omtale av leselyststrategien og tiltak for betre leseopplæring, skulebibliotek og litteraturformidling, sjå del II, programkategori 07.20 Grunnopplæringa.
Skulen skal legge til rette for at elevane får best mogleg utbyte av den ordinære opplæringa, og opplæringa skal tilpassast alder, modning og føresetnadene til elevane. Særleg for dei yngste barna i skulen er leik nødvendig for trivsel og utvikling. Dei nye læreplanane legg derfor vekt på at leiken skal ha ein særleg tydeleg plass dei første skuleåra. Undring og utforsking er òg viktig gjennom heile opplæringa.
Regjeringa er oppteken av at dei yngste elevane skal ha ein god skulestart og ein god skulekvardag. OsloMet har evaluert seksårsreforma, og sluttrapporten Klasserommets praksisformer 20 år etter – En evaluering av seksårsreformen kom i juni 2024. Funna viser at dei yngste elevane trivst på skulen, og at dei møter lærarar som er opptekne av det sosiale og relasjonelle i klassen. Det er mykje uteskule og varierte læringsaktivitetar. Informantane ønsker meir leik i skulen og meiner at dei nye læreplanane legg til rette for dette. Forskarane konkluderer med at det er mindre leik i skulen enn det som var intensjonen med seksårsreforma. Regjeringa vil vurdere eventuelle tiltak som oppfølging av rapporten. For nærare omtale sjå del II, programkategori 07.20 Grunnopplæringa.
Dei aller fleste elevane trivst og er motiverte for å lære, men fleire unge rapporterer at dei opplever stress og psykiske plager. Skulemotivasjonen til elevane er dalande gjennom grunnskulen og er lågast på 10. trinn. For mange elevar går ut av ungdomstrinnet med for svake resultat. Meld. St. 34 (2023–2024) En mer praktisk skole – Bedre læring, motivasjon og trivsel på 5.–10. trinn har som hovudmål å ivareta og styrke elevane på 5.–10. trinn når det gjeld motivasjon, meistring, læring og utvikling gjennom meir praktisk og variert læring i skulen.
Det er sett i gang fleire tiltak som skal bidra til eit meir inkluderande og tilpassa pedagogisk tilbod til alle barn og elevar, og betre samarbeidet mellom barnehagane, skulane, SFO og tenestene rundt. Det er mellom anna sett i gang eit kompetanseløft i spesialpedagogikk og inkluderande praksis for barnehagar og skular, PP-tenesta og andre relevante tenester i kommunen. Kompetanseløftet vil inngå i det nye heilskaplege systemet for kompetanse- og karriereutvikling for alle tilsette i barnehage og grunnopplæring, som er nærare omtala i del II, programkategori 07.20 Grunnopplæringa. Det er òg sett i gang pilot- og forskingsoppdrag som skal betre kunnskapen om inkluderande praksis i barnehage og skule. I tillegg er det fleire endringar og presiseringar i ny opplæringslov som vil bidra til å styrke tilbodet for elevane. Ny opplæringslov tok til å gjelde frå 1. august 2024.
Frå hausten 2022 innførte regjeringa ei ordning med 12 timar gratis SFO for elevar på første årstrinn. Frå hausten 2023 blei også elevar på andre årstrinn inkluderte i ordninga, og frå hausten 2024 tok ho til å gjelde tredje årstrinn.
Det er ei hovudprioritering for regjeringa å få fleire til å fullføre vidaregåande opplæring og kome seg over i vidare utdanning og arbeid. 82,2 pst. av elevane som starta i vidaregåande opplæring i 2017, hadde fullført og bestått i løpet av fem (studieførebuande utdanningsprogram) eller seks år (yrkesfaglege utdanningsprogram). Aldri tidlegare har ein så stor prosentdel fullført. Jenter fullfører i større grad enn gutar, høvesvis 86,3 pst. og 78,4 pst.
Sjå nærare omtale i del II, programkategori 07.20 Grunnopplæringa.
Delmål 4.2
Innan 2030 sikre alle jenter og gutar høve til god og tidleg utvikling og omsorg og tilgang til førskule, slik at dei er førebudde på å begynne i grunnskulen.
Barnehagedekninga i Noreg er god. I 2023 gjekk 266 916 av barna i barnehage. Dekningsgraden for barn i alderen 1–5 år var 93,8 pst. i 2023.
Departementet foreslår i 2025 å vidareføre maksimalprisen på 2 000 kroner per månad frå 1. januar 2025 nominelt. Frå hausten 2023 vart det innført gratis barnehage for tredje barn i familien som går i barnehage samstundes. Ei nasjonal moderasjonsordning sikrar at ingen familiar skal betale meir enn 6 pst. av inntekta for ein barnehageplass, avgrensa av ein nasjonalt fastsett maksimalpris for foreldrebetaling. I tillegg får barn i alderen 2–5 år frå låginntektsfamiliar 20 timar gratis barnehagetilbod per veke. Moderasjonsordningane blir vidareførte, og inntektsgrensa for ordninga med gratis kjernetid blir foreslått til 669 050 kroner frå 1. august 2025. For nærare omtale sjå programkategori 07.30 Barnehagar.
Trass i viktige reformer i barnehagesektoren som har gitt maksimalpris, rett til plass og høg barnehagedekning, viser eit oppdatert kunnskapsgrunnlag at det framleis er skilnader både i barnehagedeltakinga og i kvaliteten på og tilrettelegginga av tilbodet. Regjeringa la i januar 2023 fram Barnehagen for en ny tid, ein strategi for kvalitet i barnehagesektoren for perioden fram mot 2030. Målet er at barnehagane skal vere inkluderande og tilgjengelege, og at barnehagane har god og relevant kompetanse og ei bemanning som medverkar til at alle barn, uavhengig av føresetnader og kvar dei bur, opplever høg og likeverdig kvalitet i barnehagetilbodet.
Sjå nærare omtale under programkategori 07.30 Barnehagar.
Delmål 4.3
Innan 2030 sikre kvinner og menn lik tilgang til god teknisk og yrkesfagleg opplæring og høgare utdanning, medrekna universitetsutdanning, til ein overkomeleg pris.
45 pst. av jentene som søkte Vg1 i 2024, søkte seg til eit yrkesfagleg utdanningsprogram, mot om lag 59,5 pst. av gutane. Elevane på yrkesfag vel framleis kjønnstradisjonelt, men skilnadene er vorte litt mindre dei siste ti åra. I 2013 var 5 pst. av søkarane på Vg1 bygg- og anleggsteknikk jenter, og 12 pst. av elevane på Vg1 teknologi- og industrifag var jenter. I 2024 er prosentdelen jenter høvesvis 9,5 og 16,7 pst.
I høgare utdanning er det små endringar i kjønnsbalansen innanfor og mellom fagområda over tid. Tal for 2023 viser at om lag 61 pst. av studentane i høgare utdanning er kvinner. Kvinnedelen er høgast i helse-, sosial- og idrettsfag, der om lag fire av fem studentar er kvinner. Lærar- og pedagogikkutdanningar har òg ein høg kvinnedel på 73 pst. Menn er som tidlegare i fleirtal i naturvitskaplege og tekniske fag. For å betre balansen på utdanningar med svært ujamn kjønnsfordeling er det i dagens regelverk for opptak til høgare utdanning mogleg å gi ekstra poeng til søkarar av det underrepresenterte kjønnet. I Meld. St. 20 (2023–2024) Opptak til høgare utdanning, foreslår regjeringa å erstatte desse poenga med kjønnsnøytrale kvotar, og Stortinget slutta seg til dette i behandlinga av meldinga. På studium med stor kjønnsubalanse vil det då kunne innførast kjønnsnøytrale kvotar for å sikre at begge kjønn blir representerte opp til eit visst nivå. Bruken av kjønnsnøytrale kvotar skal vere forholdsmessig og ikkje gi for stor forskjell i karaktergrunnlaget mellom dei som kjem inn på kvote, og dei beste som ikkje kjem inn på studiet.
Gjennomsnittsalderen på studentar i høgare utdanning i Noreg var 27,6 år i 2023. Det er stor spreiing i alder blant studentane, og mange tek utdanning i vaksen alder. Personar under 25 år utgjer halvparten av studentane, og 30 pst. er 30 år eller eldre. Den relative fordelinga mellom aldersgruppene har vore stabil dei siste 15 åra.
Regjeringa vil i 2024 fremje ein strategi for likestilling mellom kvinner og menn. Gjennom strategien vil regjeringa forsterke innsatsen på kjønnslikestillingsfeltet. Ei av hovudprioriteringane er færre kjønnsdelte utdanningsval. Sjå omtale i kap. 8 Likestilling og arbeid mot diskriminering.
Delmål 4.4
Innan 2030 oppnå ein stor auke i talet på unge og vaksne med kompetanse, mellom anna i tekniske fag og yrkesfag, som er relevant for sysselsetjing, anstendig arbeid og entreprenørskap.
Utdanning er viktig for å kunne delta aktivt i samfunnet gjennom heile livet. Fleire i arbeid og høgare kompetanse i arbeidsstyrken gir økonomisk vekst og meir velferd, og kan også gi lågare trygdeutgifter. Regjeringa følger opp Stortingets behandling av fullføringsreforma, Meld. St. 21 (2020–2021). Utvidinga av retten til vidaregåande opplæring frå hausten 2024 er eit av dei viktigaste grepa i fullføringsreforma. Når alle har rett til å få opplæring til dei har bestått vidaregåande opplæring, vil også fleire kunne få opplæring som samsvarer med behova deira, og fleire vil bli kvalifiserte til læreplass og vidare utdanning og arbeid.
I 2022–23 blei det teke rundt 30 200 fagbrev, som er eit historisk høgt tal. Det blei teikna 24 200 nye lærekontraktar i 2022–23, som er ein liten nedgang frå året før, men framleis fleire enn før pandemien. Det er framleis mange søkarar som ikkje får læreplass. Innvandrarar er overrepresenterte blant dei som ikkje får læreplass, og pandemien har forsterka skilnadene. I Samfunnskontrakten for fleire læreplassar (2022–2026) har partane forplikta seg til å motarbeide all diskriminering i rekrutteringa av lærlingar.
I 2023 var det om lag 299 000 registrerte studentar i høgare utdanning. Ved hovudopptaket til høgare utdanning i juli 2024 til studieåret 2024–25, var det registrert om lag 141 000 søkarar. Om ein ser bort frå pandemiåra, er dette det høgaste talet på søkarar nokon gong. I 2024 er det om lag 64 000 planlagde studieplassar, noko som òg er det høgaste talet nokon gang.
Delmål 4.5
Innan 2030 avskaffe kjønnsskilnader i utdanning og opplæring og sikre lik tilgang til alle nivå innanfor utdanning og yrkesfagleg opplæring for sårbare grupper, inkludert personar med nedsett funksjonsevne, urfolk og barn i utsette situasjonar.
Likeverd og likestilling er verdiar som ligg til grunn for den norske grunnopplæringa. Skular og lærebedrifter skal formidle kunnskap og fremje haldningar som sikrar desse verdiane. Elevane skal òg få likeverdige moglegheiter, slik at dei kan ta sjølvstendige val. Skulen skal ta omsyn til mangfaldet av elevar og legge til rette for at alle får oppleve tilhøyrsel i skule og samfunn. Den norske skulen er òg prega av at ein stor del av elevane går saman i den offentlege fellesskulen, og at barn og unge møtest på tvers av ulik bakgrunn. Kommunane har ansvaret for at barn og elevar har det barnehage- og opplæringstilbodet dei har krav på. Statped er ei statleg spesialpedagogisk verksemd som gir støtte og rådgiving til kommunar og fylkeskommunar når det gjeld barn og elevar med varige og omfattande behov for tilrettelegging i barnehage og skule.
Opplærings- og utdanningssektoren er underlagd krava om universell utforming av IKT i likestillings- og diskrimineringslova. I forskrift om universell utforming av IKT er det stilt nye krav om universell utforming av nettstadane og mobilapplikasjonane til offentlege organ som gjeld frå 1. januar 2023. Det følger av at Web Accessibility Directive (WAD) har blitt innlemma i norsk lov. Dei nye krava gjeld i all hovudsak for heile utdanningssektoren, men det er gjort unntak for synstolking av levande medieinnhald (video) som barnehagar og skular produserer sjølve.
Digitaliseringsdirektoratet ved Tilsynet for universell utforming av IKT gjennomførte i 2023 eit sektortilsyn med opplæringssektoren som avdekte at ingen av læremidla som blei underlagde tilsyn, oppfylte minstekrava til universell utforming av IKT. Sjå omtale av tiltak i Strategi for digital kompetanse og infrastruktur i del II, programkategori 07.20 Grunnopplæringa.
Unntaket for synstolking av levande medieinnhald som er nemnt over, gjeld ikkje høgare utdanning. For å følge opp direktivet har Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir), på oppdrag frå Kunnskapsdepartementet, laga ein rettleiar om teksting av video. HK-dir samarbeider også med Tilsynet for universell utforming om å rettleie UH-sektoren på dette området. I tillegg bruker mange institusjonar spesielle program, til dømes NB Whisper, for automatisk teksting av innhald. Statped utviklar, legg til rette og produserer læremiddel for teiknspråklege, blinde og sterkt synshemma elevar.
Oppfølginga av fullføringsreforma skal mellom anna sørge for at tilbodet til elevar med funksjonsnedsetjingar i vidaregåande opplæring skal bli betre og meir likeverdig tilbodet til andre elevar.
I 2022 blei det vedteke endringar i universitets- og høgskulelova som gjeld både universell utforming og individuell tilrettelegging, jf. Prop. 74 L (2021–2022) og Innst. 287 L (2021–2022). Lovføresegna om universell utforming blei då oppdatert i tråd med endringane i likestillings- og diskrimineringslova. Dette er ikkje endra i ny universitets- og høgskulelov som blei debattert i Stortinget 6. februar og tok til å gjelde 1. august 2024, jf. Prop. 126 L (2022–2023) og Innst. 169 L (2023–2024).
Med ny universitets- og høgskulelov kom ei viktig endring for samisk språk, ved at universiteta og høgskulane sitt ansvar for samisk fagspråk – i tillegg til norsk – no er lovfesta. Samane er Noregs urfolk, og Kunnskapsdepartementet har fleire tilskotsordningar som skal bidra til å utvikle samisk identitet, språk og kultur. Utdanningsdirektoratet har vidareutvikla nettbaserte ressursar til arbeidet med samisk språk og kultur i barnehagen og samarbeider med statsforvaltarane og Sametinget om oppfølging av rammeplan for barnehagen og kompetansetiltak. Arbeid med samisk innhald og samiske barn er også løfta fram i evalueringa av implementeringa av rammeplanen. Regjeringa la 24. mars 2023 fram Meld. St. 13 (2022–2023) Samisk språk, kultur og samfunnsliv – Kompetanse og rekruttering i barnehage, grunnopplæring og høyere utdanning. Her presenterer regjeringa ei rekke innsatsområde for å styrke fagmiljø og rekruttering på alle nivå i samisk utdanning. Meldinga blei debattert i Stortinget 5. juni 2023, jf. Innst. 473 S (2022–2023) og er følgd opp i budsjettproposisjonen for 2024. Etter forslag frå og i samråd med Sametinget vil regjeringa opprette ei ekspertgruppe som skal vurdere korleis barnehagetilbodet til samiske barn kan bli betre. Departementet vil ha dialog med Sametinget om innspel til aktuelle kandidatar som kan sitte i ei slik gruppe, og utforming av mandatet.
Delmål 4.6
Innan 2030 sikre at all ungdom og ein vesentleg prosentdel av vaksne, både kvinner og menn, lærer å lese, skrive og rekne.
Lesing, skriving og rekning er tre av dei fem grunnleggande ferdigheitene i skulen. Grunnleggande ferdigheiter er viktige føresetnader for læring og utvikling i skule, arbeid og samfunnsliv. Skulen skal legge til rette for og trygge utviklinga av dei grunnleggande ferdigheitene gjennom heile opplæringsløpet.
I både PISA (Programme for International Student Assessment) 2018 og 2022 er det ein stor tilbakegang i leseferdigheitene til norske 15-åringar. Det norske gjennomsnittsresultatet er tilbake på same nivå som i 2006, og prestasjonane er no på same nivå som OECD-gjennomsnittet. Dette er det lågaste nivået som er målt medan undersøkinga har vore gjennomført i Noreg.
PIRLS (Progress in International Reading Literacy Study) 2021 viser for første gong ein nedgang i leseprestasjonane til norske 10-åringar, og nedgangen er betydeleg. Alle dei nordiske landa har svakare resultat i PIRLS 2021 enn tidlegare år, men nedgangen er størst i Noreg. Det er viktig å presisere at norske elevar likevel presterer godt over det internasjonale gjennomsnittet.
Resultata frå både PISA og PIRLS viser at det er store kjønnsskilnader i lesing. Det er fleire gutar enn jenter som presterer på dei lågaste nivåa, medan fleire jenter enn gutar presterer på dei høgaste nivåa.
PISA 2022 viser òg ein stor nedgang i matematikk samanlikna med PISA 2018. Norske elevar presterer i gjennomsnitt lågare i matematikk enn dei har gjort nokon gong tidlegare i PISA-undersøkinga. Det er ein stor auke av elevar på lågt nivå, og 31 pst. av elevane presterer på eit kritisk lågt nivå. Noreg er på same nivå som OECD-snittet i matematikk. I PISA 2022 går OECD-snittet ned, men nedgangen for norske elevar er større enn dei fleste OECD-landa.
Sjå nærare omtale av læring i skulen i del II, programkategori 07.20 Grunnopplæringa.
Delmål 4.7
Innan 2030 sikre at alle elevar og studentar tileignar seg den kompetansen som er nødvendig for å fremje berekraftig utvikling, mellom anna gjennom utdanning i berekraftig utvikling og livsstil, menneskerettar, likestilling, fremjing av freds- og ikkjevaldskultur, globalt borgarskap og verdsetjing av kulturelt mangfald og det bidraget kulturen gir til berekraftig utvikling.
Berekraftig utvikling er ein del av verdigrunnlaget i barnehagen og ein del av innhaldet og oppgåvene til barnehagane. I skulen er respekt for naturen og miljøbevisstheit ein del av verdigrunnlaget, og berekraftig utvikling er prioritert som eitt av tre tverrfaglege tema i læreplanverket, saman med demokrati og medborgarskap og folkehelse og livsmeistring. Skulen skal medverke til at elevane utviklar naturglede, respekt for naturen og klima- og miljøbevisstheit. Dei skal få oppleve naturen og sjå han som ei kjelde til nytte, glede, helse og læring. Elevane skal utvikle medvit om korleis levesettet til menneska påverkar naturen og klimaet og dermed også samfunna våre. Skulen skal medverke til at elevane utviklar vilje til å ta vare på miljøet.
Skulen har eit breitt samfunnsmandat. I overordna del av læreplanverket står det at skulen skal sørge for at menneskeverdet og verdiane som støttar opp om det, blir lagde til grunn for opplæringa og heile verksemda. Menneskerettane har sitt grunnlag i menneskeverdet og er ein viktig del av fundamentet for rettsstaten. Dei bygger på universelle verdiar som gjeld for alle uansett kven ein er, kvar ein kjem frå, og kvar ein held til. Barnekonvensjonen er ein del av menneskerettane og gir barn og unge eit særleg vern. Opplæringa må vere i samsvar med menneskerettane, og elevane skal tileigne seg kunnskap om menneskerettane. Likeverd og likestilling er verdiar som er kjempa fram gjennom historia, og som framleis må takast vare på og styrkast. Skulen skal formidle kunnskap og fremje haldningar som sikrar desse verdiane. Skulen skal ta omsyn til mangfaldet av elevar og legge til rette for at alle får oppleve tilhøyrsel i skule og samfunn. Eit godt samfunn er tufta på eit inkluderande og mangfaldig fellesskap. Elevane skal få innsikt i korleis ein lever saman med ulike perspektiv, haldningar og syn på livet. Skulen skal støtte utviklinga av identiteten til den einskilde og gjere elevane trygge på eigen ståstad. Samstundes skal han formidle felles verdiar som trengst for å møte og delta i mangfaldet, og opne dører mot verda og framtida.
Respektlause og hatefulle ytringar er ikkje aksepterte i skulen. Elevane må øvast i å opptre omsynsfullt og utvikle medvit om eigne haldningar. Skulen skal fremje demokratiske verdiar og haldningar som motvekt mot fordommar og diskriminering. Skulen skal òg skape respekt for at menneske er ulike, og elevane skal lære å løyse konfliktar på ein fredeleg måte.
ICCS (International Civic and Citizenship Education Study) måler kor stor kunnskap elevane har om demokrati og medborgarskap, i tillegg til haldningar og åtferd. ICCS 2022 viste at for første gong går dei norske resultata ned når det gjeld kor stor kunnskap elevane har om demokrati, og nedgangen er betydeleg. Resultata er lågare enn då Noreg deltok første gong i 2009. Norske elevar skårar likevel framleis betre enn gjennomsnittet av deltakarlanda i ICCS. Norske elevar skårar høgast på skalaen som måler tilfredsheit med det politiske systemet i eige land, og dei uttrykker sterk støtte til demokratiet som styreform.
Naturfagkunnskap er viktig for bærekraftig utvikling. Til liks med matematikk og lesing viste PISA 2022 ein tilbakegang i kompetansen til norske elevar i naturfag. Det norske gjennomsnittsresultatet er på same låge nivå som i 2006, like under OECD-gjennomsnittet. Dei norske resultata er prega av at mange fleire elevar enn tidlegare presterer på eit lågt meistringsnivå. Skilnaden i prestasjonar mellom høgt- og lågtpresterande elevar aukar i PISA 2022.
Gjennomføringsmål 4 a
Etablere og oppgradere utdanningstilbod som er barnevennlege, og som tek omsyn til kjønnsskilnader og til personar med nedsett funksjonsevne og sikrar trygge, ikkje-valdelege, inkluderande og effektive læringsmiljø for alle.
Kjernegrupper er ei organisering og ei arbeidsform for departementa med mål om å skape tverrdepartementale system for betre samarbeid på særleg utfordrande samfunnsområde. Det er oppretta ei kjernegruppe for utsette barn og unge (KUBU) der Kunnskapsdepartementet deltek saman med Arbeids- og inkluderingsdepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet, Justis- og beredskapsdepartementet, Kommunal- og distriktsdepartementet, Kultur- og likestillingsdepartementet og Barne- og familiedepartementet, og der sistnemnde leiar arbeidet. Formålet er betre samordning av politikkutvikling og tenester til utsette barn og unge. KUBU blir vidareført i 2025 og har peika ut to hovudprioriterte fagområde det skal jobbast særskilt med: psykisk helse og barne- og ungdomskriminalitet. For meir omtale, sjå Prop. 1 S (2024–2025) for Barne- og familiedepartementet.
Regelverket på utdanningsområdet er eit viktig verkemiddel for å sikre barn og unge eit trygt og likeverdig tilbod av høg kvalitet, uavhengig av kven dei er, eller kvar dei bur. Barnehagelova og opplæringslova inneheld reglar som skal sikre at alle barn og elevar har det trygt og godt i barnehagen og på skulen. Å skape inkluderande og trygge fellesskap for alle og at alle former for diskriminering skal motarbeidast, er verdiar som er å finne både i læreplanverket for grunnopplæringa og i rammeplanane for barnehage og SFO. Dei vaksne skal gi tillit, tryggleik og omsorg, og mangfald skal verdsetjast som ein ressurs.
Eit stort fleirtal av elevane rapporterer gjennom Elevundersøkinga at dei har eit godt læringsmiljø med høg trivsel, støtte frå lærarane, fagleg utfordring og meistring. Men ikkje alle har det trygt og godt. Det har gjennom fleire år vore ein svak nedgang i trivsel og motivasjon for elevar på mellomtrinnet. I 2023 var det for andre år på rad ein markant auke i prosentdelen elevar som rapporterer at dei har vore utsette for mobbing. Auken skjer på alle trinn frå 5. trinn til Vg3. For meir omtale av tiltak mot mobbing og for eit trygt og godt skulemiljø, sjå del II, programkategori 07.20 Grunnopplæringa.
I 2021 kom det endringar i barnehagelova om psykososialt barnehagemiljø. Lovføresegnene inneber at alle barnehagar skal arbeide systematisk for eit trygt og godt barnehagemiljø som fremjar helse, trivsel og læring for alle barn, og som skal førebygge at barn opplever at dei ikkje har dette. Barnehagane skal ha nulltoleranse for mobbing og ikkje godta krenkingar som til dømes utestenging, mobbing, vald, diskriminering og trakassering. Vidare er det innført ei aktivitetsplikt som skal sikre at barnehagebarn har eit trygt og godt psykososialt barnehagemiljø. Aktivitetsplikta inneber mellom anna at barnehagen skal følge med på korleis barna har det i barnehagen, og at barnehagen skal setje inn eigna tiltak når eit barn ikkje har eit trygt og godt barnehagemiljø.
Regjeringa har mål om at vidaregåande opplæring skal gi alle elevar kompetansen dei treng i arbeidslivet og i vidare utdanning, og legge grunnlag for å delta i samfunnet. Fullføringsreforma skal sikre eit likeverdig tilbod til alle uavhengig av kva funksjonsevne dei har. Det er derfor viktig at alle tiltaka i reforma blir utforma på ein slik måte at dei treff behova til elevar med funksjonsnedsetjingar. Tett dialog med brukarorganisasjonane for personar med funksjonsnedsetjingar er derfor nødvendig om ein skal løyse utfordringane elevane opplever i dag, og slik gjere tilbodet i vidaregåande opplæring betre.
Kunnskapsdepartementet har gitt Utdanningsdirektoratet eit særleg ansvar for at brukarorganisasjonane for personar med funksjonsnedsetjingar blir involverte i arbeidet med å utvikle tiltaka i fullføringsreforma. Direktoratet skal ha tett og systematisk dialog med brukarorganisasjonane gjennom heile reformarbeidet. Elevar med funksjonsnedsetjingar er ei mangfaldig gruppe med ulike tilretteleggingsbehov. Det er derfor viktig at involveringa sikrar at ein får fram breidda i dei behova elevane har.
Gjennomføringsmål 4 b
Innan 2020 oppnå ein vesentleg auke globalt i talet på stipend som er tilgjengelege for studentar frå utviklingsland, særleg dei minst utvikla landa, små utviklingsøystatar og afrikanske land, for å gi dei tilgang til høgare utdanning, mellom anna yrkesfagleg opplæring og program for informasjons- og kommunikasjonsteknologi, teknikk, ingeniørfag og vitskap, både i andre utviklingsland og i utvikla land.
Regjeringa innførte med statsbudsjettet for 2024 ei målretta stipendordning for internasjonale studentar frå utviklingsland (ODA-mottakarland). Ordninga blir finansiert over Utanriksdepartementets budsjett. Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) er ansvarleg for å forvalte ordninga, som har fått namnet Norsk stipendordning for studentar frå utvalde partnarland (NORSTIP). Stipendordninga skal supplere eksisterande ordningar for akademisk samarbeid med det globale sør, og bidra til å styrke samarbeida, rekruttere til vidare forskingssamarbeid og legge til rette for meir strategiske partnarskap. HK-dir tildelte våren 2024 midlar til stipend for omtrent 200 studentar på toårige engelskspråklege masterprogram, fordelt over opptaka hausten 2024 og 2025.
Gjennomføringsmål 4 c
Innan 2030 oppnå ein vesentleg auke i talet på kvalifiserte lærarar, mellom anna gjennom internasjonalt samarbeid om lærarutdanning i utviklingsland, særleg i dei minst utvikla landa og i små utviklingsøystatar.
Tal frå Grunnskulens informasjonssystem (GSI) viser at 4,9 pst. av årsverka til den planlagde undervisninga ikkje oppfylte kompetansekrava for tilsetjing i skuleåret 2023–24. Nærare omtale av mellom anna framtidig behov for lærarar finst i kap. 6 Nøkkeltal for grunnopplæringa. Statistikk frå SSB viser at lærarar utan lærarutdanning utgjorde 19,8 pst. av avtalte årsverk i vidaregåande skule i 2023. Merk at tala for grunnskulen og vidaregåande skule bygger på kjelder med ulike definisjonar og derfor ikkje kan samanliknast.
Dei siste åra har søkartala til lærarutdanninga falle, og regjeringa har ei brei tilnærming med fleire verkemiddel for å rekruttere, utvikle og behalde lærarar. Regjeringa har samla partane i sektoren til ein felles innsats for å snu den negative utviklinga, og la våren 2024 fram strategien Flere lærere i barnehage og skole – strategi for rekruttering til lærerutdanningene og læreryrket. Strategien slår fast at det å rekruttere og behalde lærarar er eit langsiktig arbeid. At barnehagar og skular er gode stadar å jobbe, er kanskje det som betyr mest. Regjeringa vil vurdere korleis tiltaka kan utviklast vidare i arbeidet med å følge opp rekrutteringsstrategien. Høgskulen på Vestlandet har ansvaret for eit nasjonalt prosjekt for å rekruttere lærarar.
Kunnskapsdepartementet har gode ordningar for sletting av studiegjeld for dei som tek lærarutdanning og arbeider i skulen etterpå. Skuleeigarar kan søke Utdanningsdirektoratet om stipend for tilsette i grunnskulen, vidaregåande opplæring og kulturskulen som tek ei lærarutdanning (utdanningsstipend). Dei kan også søke om stipend til personar som ikkje er tilsette i skulen, men som dei ønsker å rekruttere (rekrutteringsstipend).
I 2023 blei det sett ned ei ekspertgruppe for å gi råd til regjeringa om korleis rammeplanane for alle lærarutdanningane kan gjerast meir overordna. Meld. St. 19 (2023–2024) Profesjonsnære utdanningar over heile landet har òg tiltak som skal legge til rette for at fleire tar lærarutdanning. Begge desse prosessane skal legge til rette for vidareutvikling av lærarutdanningane i Noreg.
I 2023 fekk 8 650 lærarar i barnehage og grunnopplæring tilbod om å ta vidareutdanning, medan det i 2024 blei gitt tilbod til om lag 8 000. I 2025 foreslår regjeringa løyvingar som gir rom for at om lag 7 400 lærarar i barnehage og skule skal få tilbod om å ta vidareutdanning. Regjeringa er i gang med å utvikle eit nytt system for kompetanse- og karriereutvikling for tilsette i barnehage og skule, i dialog med partane og andre viktige aktørar. NOU 2022: 13 Med videre betydning – Et helhetlig system for kompetanse- og karriereutvikling i barnehage og skole blei lagd fram hausten 2022 og er sentral for dette arbeidet.
Delmål 9.5
Styrke vitskapleg forsking og oppgradere teknologien i næringslivssektorane i alle land, særleg i utviklingsland, mellom anna ved – innan 2030 – å stimulere til innovasjon, auke talet på tilsette (per million innbyggarar) vesentleg innanfor forskings- og utviklingsverksemd og vesentleg auke løyvingane til offentleg og privat forsking og utvikling.
Berekraftsmåla speler ei stadig viktigare rolle i det norske forskings- og innovasjonssystemet, og universiteta og høgskulane er sentrale i arbeidet med å nå berekraftsmåla. Noreg treng både verdsleiande fagmiljø og høg kvalitet i heile breidda av forsking og høgare utdanning for å utvikle og ta i bruk ny kunnskap for verdiskaping, omstilling og berekraft. Berekraftsagendaen er teken inn i måla i den nye langtidsplanen for forsking og høgare utdanning (2023–2032) og set tydeleg preg på dei tematiske prioriteringane, mellom anna klima, miljø og energi. Grøn omstilling er også eit viktig element i Strategi for å øke næringslivets investeringer i forsking og utvikling. Sjå nærare omtale av nøkkeltal for forsking og utvikling (FoU) og oppfølginga av langtidsplanen i kap. 5 Forsking og utvikling i statsbudsjettet.
EU har auka satsinga på forsking og innovasjon som skal fremje grøn omstilling og berekraft på bakgrunn av overordna politiske mål og strategien for grøn giv. Satsinga skjer både gjennom rammeprogrammet for forsking og innovasjon, Horisont Europa (2021–2027), og gjennom samarbeidet om politikkutvikling og koordinering av forskingsinnsatsen i EU og dei europeiske landa gjennom Det europeiske forskingsområdet (ERA). Norske forskings- og innovasjonsaktørar deltek i Horisont Europa på lik linje med aktørar frå EUs medlemsland, og har så langt gjort det godt i utlysingar som gjeld grøn omstilling og berekraft. EU har lansert fem samfunnsoppdrag i Europa, og fire av dei er tett knytte til ambisjonane om grøn giv. Norske aktørar deltek i alle desse og har så langt fått god utteljing på område som hav, klima og landbruk. Noreg deltek òg aktivt i ERA-arbeidet, og deltek mellom anna i tiltak for grøn og digital omstilling på bakgrunn av ein nasjonal handlingsplan for ERA for 2022–2024. Internasjonalt kunnskapssamarbeid med strategisk viktige kunnskapsnasjonar utanfor EU/EØS-området er sikra gjennom oppfølging av Panorama-strategien (2021–2027). Partnarskapsprogramma UTFORSK og INTPART bidreg til å styrke samarbeidet med dei prioriterte landa innanfor utdanning og forsking.
Den største omstillinga av norsk økonomi i moderne tid er no i gang. Behovet for grøn omstilling aukar behovet for nye løysingar, meir digitalisering og teknologiutvikling. Det blir òg færre yrkesaktive. Derfor må det tenkast annleis på alle område for få til auka verdiskaping, på same tid som Noreg skal bli eit grønare og meir berekraftig samfunn. Forsking og utvikling (FoU) i næringslivet gir ny kunnskap, ny teknologi og nye løysingar. Det fremjar òg evna til å absorbere, ta i bruk og dra nytte av nye teknologiar. FoU er nøkkelen til eit meir berekraftig og lønnsamt næringsliv i heile landet. Nærings- og fiskeridepartementet har saman med Kunnskapsdepartementet utarbeidd ein strategi for å stimulere til auka FoU i næringslivet.
Delmål 12.8
Innan 2030 sikre at alle menneske i heile verda har relevant informasjon om og forståing av berekraftig utvikling og eit levesett som er i harmoni med naturen.
Skulen skal bidra til at elevane utviklar naturglede, respekt for naturen og klima- og miljøbevisstheit. Elevane skal få oppleve naturen og sjå han som ei kjelde til nytte, glede, helse og læring. Berekraftig utvikling som tverrfagleg tema i skulen skal legge til rette for at elevane kan forstå grunnleggande dilemma og utviklingstrekk i samfunnet og korleis dei kan handterast. Berekraftig utvikling handlar om å verne om livet på jorda og sikre behova til menneske som lever i dag, utan å øydelegge moglegheitene framtidige generasjonar har til å dekke sine behov. Ei berekraftig utvikling bygger på forståinga av samanhengen mellom sosiale, økonomiske og miljømessige forhold. Levesettet og ressursbruken til menneska har konsekvensar lokalt, regionalt og globalt.
Gjennom arbeid med temaet skal elevane utvikle kompetanse som gjer dei i stand til å ta ansvarlege val og handle etisk og miljøbevisst. Elevane skal få forståing for at handlingane og vala til den einskilde betyr noko. Temaet rommar problemstillingar knytte til miljø og klima, fattigdom og fordeling av ressursar, konfliktar, helse, likestilling, demografi og utdanning. Elevane skal lære om samanhengen mellom dei ulike aspekta ved berekraftig utvikling.
Delmål 14 a
Styrke vitskapleg kunnskap, bygge opp forskingskapasitet og overføre marin teknologi – og samtidig ta omsyn til kriterium og retningslinjer frå Den mellomstatlege oseanografiske kommisjonen for overføring av marin teknologi – med sikte på å betre tilstanden i havet og auke bidraget frå det marine artsmangfaldet til utviklinga i utviklingslanda, særleg i små utviklingsøystatar og dei minst utvikla landa.
Noreg er ein sterk havforskingsnasjon, og aktørar frå heile sektoren bidreg til å styrke den vitskaplege kunnskapen om havet og bygge opp forskingskapasitet på feltet. Kunnskapsdepartementet bidreg ikkje minst gjennom basisløyvinga til institusjonane. Kunnskapsdepartementet følger opp Noregs medlemskap i UNESCOs mellomstatlege havforskingskommisjon (IOC). Departementet bidreg med 1,5 mill. kroner årleg for å støtte IOC i deira koordinering og gjennomføring av FNs tiår for havforsking for ei berekraftig utvikling, noko som i stor grad kjem utviklingsland til gode.
Arven etter Nansen blir avslutta i 2024 etter sju års drift og med eit budsjett på 740 mill. kroner, der halvparten er finansiert av Kunnskapsdepartementet og Forskingsrådet og halvparten er eigenfinansiering frå deltakarane. Prosjektet er eit samarbeid mellom ti norske forskingsinstitusjonar, og formålet har vore å få meir kunnskap om fysiske og biologiske forhold i det sentrale og nordlege Barentshavet inn mot Polhavet. GoNorth har gjennomført tokt lenger inn i Polbassenget i åra 2022–2024, med eit mogleg siste år i 2025. Kunnskapsdepartementet har gitt driftsløyving på 1 mill. kroner per år i desse åra, medan anna finansiering har kome frå Nærings- og fiskeridepartementet og tilslag på einskildprosjekt i Forskingsrådet og EU. Det vitskaplege arbeidet har i større grad retta seg mot geologien på havbotnen, men òg mot havsøyla over. Tilgang til FF Kronprins Haakon har vore sentralt for alle tokta. Begge prosjekta har bidrege med mykje ny kunnskap for vitskapen, og samarbeidspartnarane arbeider no med planar om eit nytt felles prosjekt frå 2026, under nemninga Polhavet 2050.
Forskingsrådets havsekretariat har ansvar for den nasjonale oppfølginga av havforskingstiåret. Dette sekretariatet blei oppretta av Kunnskapsdepartementet, Nærings- og fiskeridepartementet og Klima- og miljødepartementet.
Noreg slutta seg til Global Biodiversity Information Facility (GBIF) i 2004 og etablerte ein norsk node ved Naturhistorisk museum ved UiO i 2005. Gjennom GBIF blir digitale data delte, med informasjon om funnstad, funntidspunkt og anna. Over 800 mill. artsobservasjonar globalt er gjorde gratis tilgjengelege for alle. GBIF bidreg på denne måten til overføring av naturdata frå industrialiserte land til det globale sør. Det er lagt ned stor innsats i å digitalisere vitskaplege samlingar ved dei norske universitetsmusea gjennom mange år, men framleis er delar av dei eldre samlingane ikkje digitaliserte og dermed ikkje tilgjengelege gjennom GBIF. GBIF Noreg har per i dag gjort nesten 50 mill. observasjonar tilgjengelege, frå totalt 242 land og regionar. Dei alle fleste observasjonane er frå Noreg, inkludert Svalbard og Jan Mayen.
10 Ny budsjettmodell i Noregs forskingsråd
Forskingsrådet er ein sentral aktør i det norske forskings- og innovasjonssystemet og eit viktig verkemiddel for å gjennomføre dei forskingspolitiske prioriteringane til regjeringa. I samband med behandling av statsbudsjettet for 2024 slutta Stortinget seg til at Forskingsrådet frå og med 2025 skal gå frå å vere nettobudsjettert til å bli bruttobudsjettert med tilsegnsfullmakter. Kapittelet gir nærare informasjon om bakgrunnen for omlegginga av budsjetteringsmodellen og hovudtrekka ved den nye modellen.
Bakgrunn for omlegginga av budsjetteringsmodell
Kunnskapsdepartementet har etatsstyringsansvaret for Forskingsrådet og ansvaret for at rådet når dei måla som er sette for heile verksemda. Forskingsrådet får løyvingar og styringssignal over statsbudsjettet frå alle 16 departementa, som styrer sine tildelingar til verksemda gjennom eigne tildelingsbrev. For nærare omtale av rådets verksemd og styringssystemet for Forskingsrådet, sjå programkategori 07.60 Høgare utdanning og forsking, kap. 285 Noregs forskingsråd.
Forskingsrådet er i dag ei nettobudsjettert verksemd som har fullmakt til å overføre eventuelle ubrukte midlar ved utgangen av budsjettåret til etterfølgande år. Det har over tid vore utfordrande at det blir samla vesentlege avsetningar på budsjettpostane til Forskingsrådet. Årsaka til dette er at verksemda får løyvd midlar som ikkje kjem til utbetaling i løyvingsåret, mellom anna på grunn av at det tek tid å planlegge, utlyse og tildele midlane, og at forskingsprosjekta som blir finansierte, normalt varer over fleire år. Ein konsekvens av dette er at verksemda har måtta overføre midlar frå løyvingsåret til seinare.
Høge og varierande avsetningar utfordrar Stortingets løyvingsreglement og regelverket for økonomistyring i staten, fordi det kan kome i konflikt med kontantprinsippet, eittårsprinsippet og kravet om realistisk budsjettering. Statsbudsjettet og statsrekneskapen reflekterer ikkje fullt ut den faktiske forskingsaktiviteten som staten finansierer gjennom Forskingsrådet i budsjettåret. Det har vore gjennomført fleire ulike tiltak for å redusere avsetningane i Forskingsrådet. Mellom anna vedtok Stortinget ei rekke eingongskutt under fleire departement i perioden 2017–2021. Samstundes auka Forskingsrådet omfanget på utlysingar og tildelingar for å bygge ned avsetningane.
I 2022 blei det kjent at Forskingsrådet var i ein alvorleg økonomisk situasjon, jf. omtale i Prop. 115 S (2021–2022) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2022. Regjeringa og Forskingsrådet sette i verk fleire tiltak for å rydde opp i situasjonen. Regjeringa har tidlegare orientert Stortinget om handteringa av avsetningar i Noregs forskingsråd i Prop. 1 S (2021–2022) for Kunnskapsdepartementet, Prop. 115 S (2021–2022) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2022, Prop. 1 S (2022–2023) for Kunnskapsdepartementet, Prop. 21 S (2022–2023) Endringar i statsbudsjettet 2022 under Kunnskapsdepartementet og Prop. 1 S (2023–2024) for Kunnskapsdepartementet. Arbeidet med ny budsjettmodell har vore ein sentral del av oppfølginga.
I arbeidet med ny budsjettmodell har det vore eit viktig prinsipp at Forskingsrådet må ha gode rammevilkår for å løyse oppgåvene rådet har, effektivt og på ein måte som tek omsyn til den langsiktige karakteren forsking har. Vidare må modellen legge til rette for god økonomistyring og kontroll i Forskingsrådet og hindre moglegheitene for oppbygging av store avsetningar. I tillegg til arbeidet med budsjetteringsmodellen er det blitt gjennomført tiltak for å forenkle finansieringsstrukturen gjennom færre budsjettkapittel og -postar for løyvingar til Forskingsrådet frå departementa. Dette har gitt betre oversikt over løyvingane.
Regjeringa foreslo i samband med statsbudsjettet for 2024 at Forskingsrådet skulle bruttobudsjetterast med tilsegnsfullmakter frå og med 1. januar 2025, eit forslag som Stortinget slutta seg til ved behandlinga av statsbudsjettet for 2024. Bruttobudsjettering er hovudregelen for budsjettering i staten, og dei fleste statlege forvaltningsorgan er bruttobudsjetterte. Bruttobudsjettering støttar opp om dei fire overordna prinsippa i løyvingsreglementet til Stortinget: eittårsprinsippet, fullstendigheitsprinsippet, kontantprinsippet og bruttoprinsippet.
Hovudtrekk ved ny budsjettmodell
Omlegginga av budsjettmodellen er i hovudsak ei teknisk endring i budsjetteringa av Forskingsrådet. Den skal i utgangspunktet ikkje føre til endra aktivitetsnivå i forsking eller føre til direkte konsekvensar for den einskilde forskar.
Tilsegnsfullmakt og løyving
Forskingsrådets hovudoppgåve er å finansiere fleirårige forskingsprosjekt. For å forplikte staten utover gjeldande budsjettår, jf. eittårsprinsippet, er det krav om ei særskild fullmakt frå Stortinget. Dette blir gjort gjennom ei tilsegnsfullmakt per tilskotspost. Regjeringa vil derfor i dei årlege statsbudsjetta frå og med 2025 fremje forslag om eit beløp for løyving og eit beløp for tilsegnsfullmakt for kvart departement sine tilskotspostar (med unntak av postar for gjennomstrøymingsmidlar) til Forskingsrådet:
Løyvinga viser eit samla beløp for forventa kontante utbetalingar i det aktuelle året. Løyvinga vil bestå av anslåtte kontante utbetalingar av tidlegare gitte tilsegner og eventuelle utbetalingar frå nye tilsegner som blir gitt i det gjeldande budsjettåret. Tilskotspostane vil derfor vere anslagsstyrte.
Tilsegnsfullmakta viser eit samla beløp for tidlegare inngåtte forpliktingar og nye tilsegner som kjem til utbetaling etter det gjeldande budsjettåret.
Aktiviteten i Forskingsrådet utgjer summen av forpliktingane til å finansiere forskingsprosjekt, enten i inneverande eller i framtidige budsjettår. Dette blir kalla ei aktivitetsramme. Aktivitetsramma må ha dekning enten i løyvingane eller gjennom tilsegnsfullmaktene. Sidan forskingsprosjekta er fleirårige, vil hovuddelen av løyvinga i det gjeldande budsjettår vere ei følge av forpliktingane som er inngåtte i tidlegare budsjettår.
Ved inngangen til eit budsjettår er det ofte stor interesse for kva for ny aktivitet Forskingsrådet kan setje i gang, det vil seie omfanget av nye utlysingar. Også her må dette ha dekning i enten løyvinga eller tilsegnsfullmakta. Ramma for ny aktivitet blir kalla tilsegnsramma. Tilsegnsramma er summen av nye forpliktingar som Forskingsrådet kan pådra staten i det aktuelle budsjettår. Hovuddelen av tilsegnsramma blir forplikta for framtidige år og inngår i tilsegnsfullmakta. Ein mindre del vil bli forplikta og utbetalt i det aktuelle budsjettåret og inngår derfor i løyvinga.
I bruttomodellen vil det i hovudsak vere fastsetjinga av tilsegnsramma, det vil seie ramma for ny aktivitet, som styrer forskingsaktiviteten over tid. Utbetalingstakta til underliggande forskingsprosjekt er usikker, noko som kan føre til forseinkingar eller framskunda framdrift. Det er derfor lagt opp til mekanismar for at Forskingsrådet skal kunne handtere dette innanfor bruttomodellen, jf. omtalen under.
Løyving og handtering av usikkerheit i løyvingsanslag
Løyvinga på alle postar for tilskot gjennom Forskingsrådet skal budsjetterast med det som er venta å bli kontant utbetalt i løpet av det gjeldande budsjettåret. Løyvinga må normalt setjast lågare enn summen av forpliktingar som formelt forfell på posten i det aktuelle budsjettåret, fordi ein må rekne med at ein del av forpliktingane enten blir forseinka til seinare år eller kansellerte. Anslaga for kontante utbetalingar er usikre. Det kan oppstå situasjonar der faktisk utbetaling på ein post blir høgare enn løyvd beløp, som følge av færre forseinkingar eller kansellering enn det som er lagt til grunn for løyvingsanslaget.
Departementet legg derfor opp til å etablere ein ny post (kap. 285, post 75) under Kunnskapsdepartementet som skal handtere denne usikre utbetalingstakta. Løyvinga på posten skal dekke eventuelle uventa meirutgifter på alle departementa sine tilskotspostar til Forskingsrådet. Ein felles post for å handtere usikkerheit i løyvingsanslaga på tilskotspostar, utanom tilskotspostar for gjennomstrøymingsmidlar, vil sikre at Forskingsrådet har tilstrekkelege midlar til å dekke alle inngåtte forpliktingar som kjem til forfall eit budsjettår.
Statens utgifter vil med denne mekanismen vere løyvingsmessig nøytralt over tid. Dette betyr at overskridingar eitt år blir motverka av tilsvarande mindreutgifter i eit seinare år. Årsaka er at framskunding av aktivitet aukar utbetalingane i det aktuelle året samstundes som framtidige forpliktingar, og dermed framtidige løyvingar, blir reduserte tilsvarande. Kunnskapsdepartementet foreslår også ei omdisponeringsfullmakt knytt til posten, slik at Forskingsrådet kan omdisponere midlar frå posten til tilskotspostar til Forskingsrådet under andre departement ved eventuelle overskridingar. På denne måten er det berre behov for ein felles post for å handtere usikker utbetalingstakt for alle tilskotspostar for Forskingsrådet.
Regjeringa foreslår vidare at alle departementas tilskotspostar til Forskingsrådet får stikkordet «kan overførast», for å handtere eventuelle forseinkingar som oppstår mot slutten av året. Høve til å overføre er ein viktig mekanisme for at forseinkingar mot slutten av året ikkje skal få utilsikta negativ innverknad på Forskingsrådets løyvingsnivå. Høvet til å overføre er avgrensa til å gjelde forseinkingar i utbetalingstakt av allereie gitte tilsegner mellom år.
Periodisering av satsingar og kutt
Prosjekta i Forskingsrådet er normalt femårige. Periodiseringa av utbetalingar til underliggande prosjekt er normalt stigande over livssyklusen, med låge utbetalingar første året. Regjeringa foreslår derfor at satsingar og kutt skal budsjetterast gradvis i tråd med prinsippet om realistisk budsjettering og kontantprinsippet. Gradvis inn- og utfasing av satsingar og kutt vil medverke til at Forskingsrådet reduserer avsetningane monaleg ved at verksemda berre vil få løyvd midlar som det er forventa at kjem til utbetaling i det aktuelle budsjettåret. Ved nye satsingar eller kutt i midlar til forskingsprosjekt vil utbetalingstakten til underliggande forskingsprosjekt vere gradvis over inn- eller utfasingsperioden med låge førsteårseffektar. Det inneber betydelege opptrappingseffektar over tid av nye satsingar, fordi prosjekta har låge utbetalingar første året. På same måte vil det ved kutt ha låge innsparingar første året fordi prosjekta då har låge utbetalingar, og det vil ta fleire år før kuttet er fullt utfasa.
Mesteparten av endringa ved ei ny satsing eller eit kutt vil dermed skje i framtidige budsjettår og bli fanga opp med endringar i tilsegna. Eit kutt vil innebere å redusere tilsegnsramma, det vil seie ramma for ny aktivitet, medan ei satsing vil innebere å auke tilsegnsramma.
Handtering av likviditet ved overgang frå netto- til bruttobudsjettering
Forskingsrådet har i dagens nettomodell ein betydeleg likviditetskonto i Noregs Bank. Likviditetsmidlane tilknytte tilskotsverksemda består av leverandørgjeld og forskingsmidlar under behandling (avsetningar). Det er lagt til grunn at midlane som Stortinget tidlegare år har løyvd til Forskingsrådet, skal stillast til disposisjon for Forskingsrådet i bruttomodellen. Dette vil skje gjennom at likviditeten i nettomodellen blir dregen inn til statskassa i 2024 og inngå i løyvinga for 2025 for midlar som er venta å kome til kontant utbetaling i 2025. Resterande midlar vil inngå i tilsegnsfullmakta og vil bli utbetalte i seinare år.