Del 2
Nærare om budsjettforslaget
4 Nærare om budsjettforslaget
Programkategori 07.10 Administrasjon
Utgifter under programkategori 07.10 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2023 | Saldert budsjett 2024 | Forslag 2025 | Endring i pst. |
200 | Kunnskapsdepartementet | 408 340 | 422 927 | 430 818 | 1,9 |
201 | Analyse og kunnskapsgrunnlag | 277 988 | 282 673 | 318 795 | 12,8 |
Sum kategori 07.10 | 686 328 | 705 600 | 749 613 | 6,2 |
Inntekter under programkategori 07.10 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2023 | Saldert budsjett 2024 | Forslag 2025 | Endring i pst. |
3200 | Kunnskapsdepartementet | 360 | 4 500 | 100,0 | |
Sum kategori 07.10 | 360 | 4 500 | 100,0 |
Kategorien omfattar løyvingar til drift av Kunnskapsdepartementet. Oppgåver og prioriteringar i Kunnskapsdepartementet følger av politikken og måla innanfor områda skule, barnehage, kompetansepolitikk, forsking, høgare utdanning, høgare yrkesfagleg utdanning og utdanningsstøtte. Dei ulike fagområda er nærare omtala under programkategoriane lenger bak i proposisjonen.
Kap. 200 Kunnskapsdepartementet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2023 | Saldert budsjett 2024 | Forslag 2025 |
01 | Driftsutgifter | 393 648 | 406 777 | 414 030 |
21 | Særskilde driftsutgifter | 12 375 | 12 652 | 13 133 |
45 | Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast | 2 317 | 3 498 | 3 655 |
Sum kap. 200 | 408 340 | 422 927 | 430 818 |
Post 01 Driftsutgifter, post 21 Særskilde driftsutgifter og post 45 Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast
Mål for 2025
Dei faglege måla for departementet er omtala i dei aktuelle fagkapitla og i kap. 1 Hovudinnleiing. Følgande mål gjeld for arbeidet i Kunnskapsdepartementet. Departementet skal:
ha eit godt kunnskapsgrunnlag for utforminga av kunnskapspolitikken
sikre at kunnskapspolitikken blir sett i verk
ha ein god dialog med alle relevante aktørar i samfunnet
legge til rette for at barnehagebarn, elevar, studentar og tilsette skal vere trygge ved utdanningsverksemdene der dei oppheld seg
Kunnskapsdepartementet har formulert eit sett med verdiar som er rettesnorer for arbeidet med å nå måla:
profesjonalitet
openheit
gjennomføring
Resultat i 2023
Samanhengen mellom måla for departementet og resultata i sektoren er avleia og indirekte. Det meste av innsatsen skjer i utdanningsinstitusjonar og forskingsinstitutt. Rolla departementet har, er å førebu avgjerder som Stortinget og regjeringa tek om overordna rammer, og å setje i verk dei tiltaka avgjerdene fastset.
Kunnskapsgrunnlaget om barnehage, utdanning og forsking er ganske godt. Mykje kunnskap er tilgjengeleg i forsking og offentleg statistikk. I tillegg arbeider Kunnskapsdepartementet vedvarande med å legge til rette for utdanningsforsking, jf. omtalen under kap. 201. Internasjonale undersøkingar kastar lys over kva vi oppnår i Noreg samanlikna med andre land. Gjennom kontakt med elev- og studentorganisasjonar og andre interessentar i sektoren får departementet viktig kunnskap om korleis målgruppene opplever politikken.
Underliggande verksemder set i verk mange av tiltaka i sektoren. Departementet gjennomfører vedteken politikk gjennom å styre desse verksemdene. Oversikt over dei underliggande verksemdene til departementet går fram av vedlegg 5 Underliggande verksemder o.a.
Tryggleiks- og beredskapsarbeid i kunnskapssektoren
Kunnskapsdepartementet har det overordna ansvaret for samfunnstryggleik og beredskap innanfor heile politikkområdet til departementet. Menneskeliv og helse er den fremste verdien som aktørar i sektorane under Kunnskapsdepartementet må trygge. I tillegg forvaltar dei store mengder informasjon, mellom anna personopplysningar, forskingsdata, kunnskap om utvikling av teknologi, vitskapleg utstyr, vitskaplege og historiske samlingar og historiske bygningar som må tryggast. Institusjonar i sektoren har også forvaltningsoppgåver som er viktige for samfunnstryggleiken, til dømes analysekapasitet innanfor naturfarar, helse, luft og vatn.
Boks 4.1 Proposisjonar og meldingar Kunnskapsdepartementet har lagt fram for Stortinget i 2023–2024
Prop. 58 L (2023–2024) Endringer i utdanningsstøtteloven (beregning av rente på utdanningslån under utdanningen for særlige ordninger mv.)
Prop. 62 L (2023–2024) Endringer i opplæringslova og privatskolelova (kompetansekrav, faglig ansvar og bruk av fysisk inngripen for å avverge skade m.m.)
Prop. 64 L (2023–2024) Endringer i fagskoleloven (institusjonsakkreditering for fagskoler mv.)
Prop. 65 L (2023–2024) Endringer i privatskolelova (ny tilskuddsmodell for private grunnskoler)
Prop. 78 L (2023–2024) Endringer i barnehageloven (unntak fra kravet om selvstendig rettssubjekt og forbudet mot annen virksomhet m.m.)
Meld. St. 19 (2023–2024) Profesjonsnære utdanningar over heile landet
Meld. St. 20 (2023–2024) Opptak til høgare utdanning
Meld. St. 34 (2023–2024) En mer praktisk skole – Bedre læring, motivasjon og trivsel på 5.–10. trinn
Dei faste budsjettproposisjonane er ikkje med i oversynet.
Sektorane under Kunnskapsdepartementet arbeider med tryggleik og beredskap innanfor ulike scenario, som smittsame sjukdommar, digitale hendingar, utanlandsk etterretning, ulykker, politisk motivert og hemnmotivert vald og terror. Dei store menneskesamlingane på avgrensa område er ein viktig faktor i arbeidet med tryggleik og beredskap i sektorane. Med sektorar som tel om lag 1,6 mill. personar, hadde departementet og sektorane til dømes eit stort ansvar under covid-19-pandemien, ei erfaring som har gitt mykje læring som departementet og sektoren framleis arbeider med å følge opp.
Skule og utdanning er viktige i arbeidet med å førebygge alvorlege uønskte hendingar gjennom å motverke utanforskap og sosial ulikskap, skape oppslutning om demokratiet og lære elevar og studentar om til dømes medborgarskap og kritisk tenking.
Kunnskap, kompetanse og teknologisk utvikling spelar ei stadig viktigare rolle i internasjonal konkurranse og for nasjonal tryggleik. Den negative utviklinga i den tryggleikspolitiske situasjonen dei siste åra har bidrege til at trusselbildet norske kunnskapsmiljø står overfor, er blitt verre. I dag er kunnskapssektoren eit attraktivt mål for etterretningsverksemda til framande statar, og norske forskings- og teknologimiljø blir stadig utsette for forsøk på omgåingar av eksportkontrollregelverket. Framover er det behov for ei meir strategisk tilnærming til utveksling og vern av kunnskap, kompetanse og teknologi. Dette utfordrar mellom anna openheita som pregar akademia. Det er viktig å finne ein god balanse, slik at akademia kan vere så ope som mogleg og så trygt som nødvendig. I 2023 sette Kunnskapsdepartementet i gang eit samarbeid mellom fleire departement for å greie ut nærare kva fag- og teknologiområde innanfor forsking og høgare utdanning som er knytte til risiko for skade mot nasjonal tryggleik, og tiltak for å redusere denne risikoen. Arbeidet held fram i 2024.
I 2023 gjennomførte Kunnskapsdepartementet det første møtet i det nyoppretta nettverket for nasjonal tryggleik i kunnskapssektoren. Dette er eit nettverk koordinert av Kunnskapsdepartementet for tilsette med tryggleiksansvar i verksemder i sektoren. Formålet med nettverket er å etablere ein møteplass der verksemder og relevante myndigheiter kan utveksle erfaringar og problemstillingar i arbeidet med førebyggande nasjonal tryggleik.
Departementet følger opp risikoen for hendingar innanfor informasjonstryggleik og personvern i høgare utdanning og forsking gjennom departementets styringsmodell for informasjonstryggleik og personvern. Nærare omtale av dette arbeidet finst i innleiinga til programkategori 07.60 Høgare utdanning og forsking.
Departementet har i 2023 drive eit fagleg nettverk for personvernombod i dei underliggande verksemdene.
Kunnskapsdepartementet gjennomførte og deltok på ulike øvingar i 2023. Mellom anna øvde departementet, saman med andre departement og direktorat, mellom dei Utdanningsdirektoratet, på atomberedskap i samband med den europeiske øvinga Arctic REIHN (Arctic Radiation Exercise in High North). I 2023 vart også varslingssystemet mellom dei underliggande verksemdene og departementet testa fleire gongar.
Kunnskapssektorens tryggleiks- og beredskapskonferanse blei i 2023 organisert av Beredskapsrådet, i samarbeid med Kunnskapsdepartementet og Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU). Hovudtemaet var heilskapleg risikostyring i kunnskapssektoren. Rundt 140 deltakarar var samla på konferansen ved NMBU på Ås.
Oppfølging av tryggingslova
Lov om nasjonal sikkerhet (tryggingslova) tok til å gjelde 1. januar 2019, og alle sektorar arbeider med å implementere lova. Formålet med lova er å trygge dei nasjonale sikkerheitsinteressene våre og å førebygge, avdekke og motverke sikkerheitstruande verksemd. Dei nasjonale sikkerheitsinteressene blir trygga ved at departementa identifiserer grunnleggande nasjonale funksjonar (GNF) innanfor sine ansvarsområde. Vidare vert verksemder som er avgjerande viktige for GNF, underlagde tryggingslova, og nødvendige sikringstiltak for skjermingsverdige verdiar gjennomførte. For å ivareta formålet med lova vil GNF-prosessen vere kontinuerleg. Kunnskapsdepartementet har identifisert følgande grunnleggande nasjonale funksjon i eigen sektor: «Kunnskapsdepartementets verksemd, handlefridom og avgjerdsdyktigheit», som omfattar departementets rolle som fagleg sekretariat for politisk leiing, utøving av myndigheit, evne til kriseleiing og styring og oppfølging av underliggande verksemder. Departementet arbeider med å vurdere andre GNFar i eigen sektor.
Sjå også programkategori 07.60 Høgare utdanning og forsking, der det står meir om tryggleik og beredskap i høgare utdanning og forsking.
Budsjettforslag for 2025
Departementet foreslår å løyve 414 mill. kroner på post 01, 13,1 mill. kroner på post 21 og 3,7 mill. kroner på post 45. Departementet foreslår å rammeoverføre 135 000 kroner frå kap. 200, post 01 til kap. 1515, post 01, som følge av at sosiale medium-tenesta i departementsfellesskapet skal overførast frå Service- og tryggingsorganisasjonen til departementa (DSS) til Digitaliseringsorganisasjonen til departementa (DIO). Vidare foreslår departementet å flytte 2,2 mill. kroner frå kap. 231, post 01 til kap. 200, post 01, i samband med at Kunnskapsdepartementet er klageinstans for klager på vedtak gjorde av tilsynsavdelinga i Udir, som fører tilsyn med økonomien i private barnehagar. Dette er ei varig oppgåve.
Etter dataangrepet på departementa sommaren 2023 har Kunnskapsdepartementet eit permanent behov for fleire brukarar av nasjonalt begrensa nett (NBN). Av same årsak har Kunnskapsdepartementet dessutan behov for tilgang til den mellombelse epostløysinga for departementa, fram til DSS har implementert ny permanent IKT-plattform. For departementet inneber tilgang til mellombels epostløysing og fleire NBN-brukarar auka kostnader for NBN-lisensar og tryggleikskontroll med IKT-plattforma. For å kunne finansiere desse kostnadene foreslår departementet å auke løyvinga på kap. 200, post 01 med 2,4 mill. kroner.
I revidert budsjett for 2024 blei løyvinga på post 01 varig redusert med 8,5 mill. kroner i samband med at Statsbygg justerte ned husleiga til Kunnskapsdepartementet. Den reduserte husleiga følgde av at utgifter frå tidlegare rehabilitering/ombygging av kontorlokala til Kunnskapsdepartementet opphøyrde. Departementet foreslår derfor å redusere løyvinga i 2025 med 8,7 mill. kroner.
Departementet foreslår at løyvinga på post 01 kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3200, post 02, jf. forslag til vedtak II nr. 1.
Kap. 3200 Kunnskapsdepartementet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2023 | Saldert budsjett 2024 | Forslag 2025 |
02 | Salsinntekter o.a. | 360 | ||
03 | Inntekter frå framleige | 4 500 | ||
Sum | 360 | 4 500 |
Resultat i 2023
Kunnskapsdepartementet har ikkje verksemd som vanlegvis gir inntekter, men det hender at det kjem tilfeldige inntekter. Inntektene i 2023 skriv seg mellom anna frå sal av utrangert IKT-utstyr og prosjektstønad frå Nordisk Ministerråd og Direktoratet for forvaltning og økonomistyring.
Budsjettforslag for 2025
Departementet foreslår å løyve 4,5 mill. kroner på kap. 3200, post 03. Løyvinga gjeld inntekter frå framleige av delar av kontorlokala til departementet. For å skilje leigeinntektene frå dei tilfeldige inntektene på post 02, som etter meirinntektsfullmakt kan disponerast på kap. 200, post 01, er leigeinntektene budsjetterte på eigen post.
Kap. 201 Analyse og kunnskapsgrunnlag
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2023 | Saldert budsjett 2024 | Forslag 2025 |
21 | Særskilde driftsutgifter | 277 988 | 52 073 | 53 731 |
50 | Noregs forskingsråd – forsking om utdanning og forsking | 230 600 | ||
70 | Noregs forskingsråd – forsking om utdanning og forsking, kan overførast | 265 064 | ||
Sum | 277 988 | 282 673 | 318 795 |
Utdanningsforsking
Noreg treng forsking av høg kvalitet om og for utdanningssektoren. Utdanningsforskinga skal, forutan å gi ny kunnskap og erkjenning generelt, bidra til god praksis og høgare kvalitet i barnehagane, i skulane, i høgare utdanning og i kompetansepolitikken og gi eit solid grunnlag for politikkutvikling. Gode miljø for utdanningsforsking skal bringe fram eit godt kunnskapsgrunnlag som gir rom for ein meir opplyst debatt om innhald, læring, ressursbruk og resultat.
Departementet tek i bruk fleire verkemiddel for å følge opp dei langsiktige måla for utdanningsforskinga, inkludert porteføljar og ordningar i Forskingsrådet, FoU-innsats i underliggande etatar, departementets eigne utlysingar, og senterordningar. Saman med grunnløyvingane til forskingsinstitusjonane skal dette bidra til kontinuitet og vidare oppbygging av forskinga som Kunnskapsdepartementet har sektoransvar for.
SSBs nyaste kartlegging av utdanningsforskinga i 2021 viser at forskinga på barnehagen, grunnopplæringa, høgare yrkesfagleg utdanning, høgare utdanning, forskarutdanning og læring blant vaksne samla sett har auka i omfang dei siste åra. Samla driftsutgifter til FoU på området utdanning auka frå om lag 1,8 mrd. kroner i 2017 til om lag 2,5 mrd. kroner i 2021. Unntaka er utgiftene til FoU om og for vidaregåande opplæring, som har vore stabile, og utgiftene til FoU om og for høgare utdanning, som har gått noko ned frå 2019 til 2021.
Departementet tek sikte på å fornye Kunnskapsdepartementets strategi for utdanningsforsking, som vil gjelde frå 2025. I den fornya strategien for utdanningsforsking tek departementet sikte på å peike ut nokre område med særskilde behov for kunnskap og utvikling i åra framover. Departementet vil arbeide for at forskinga blir relevant, lett tilgjengeleg og forståeleg for brukarane, gjennom ei styrking av samspelet mellom produksjon av forsking, formidling av forsking og bruk av utdanningsforskinga. Det er mellom anna behov for å fremje metodemangfald, styrke vitskapleg kompetanse der forskingstradisjonane er svake, og stimulere både til samarbeid på tvers av forskingsdisiplinar og til brukarmedverknad i forskinga. Det er òg behov for fleire kunnskapsoppsummeringar og betre tilgang til og deling av data som har relevans for forsking om og for oppvekst- og utdanningssektoren. Eit nytt nasjonalt senter for yrkesfag skal mellom anna bidra til å styrke systematisk innhenting og formidling av forskings- og utviklingsprosjekt innanfor fag- og yrkesopplæringa. Sjå nærare omtale under kap. 226, post 21.
Tverrfagleg forsking og samarbeid på tvers av fagdisiplinar og fagmiljø nasjonalt og internasjonalt kan framleis styrkast. I Langtidsplanen for forsking og høgare utdanning 2023–2032 lanserte regjeringa eit samfunnsoppdrag for inkludering av fleire barn og unge i utdanning, arbeid og samfunnsliv. Det er behov for meir forsking som tek for seg samansette problem i oppvekst- og utdanningssektoren, slik at færre barn og unge fell utanfor. Forskinga skal gi meir kunnskap om korleis praksisar i oppvekst- og utdanningssektoren kan bli betre, og korleis dei ulike sektorane kvar for seg og saman kan bidra til mindre sosial ulikskap.
Post 21 Særskilde driftsutgifter
Posten finansierer aktivitetar i Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir), Utdanningsdirektoratet (Udir), Kunnskapssenter for utdanning (KSU), Senter for læringsanalyse (SLATE) og Statistisk sentralbyrå (SSB), som styrker analyse- og kunnskapsgrunnlaget om dei sektorane departementet har ansvaret for. Posten finansierer òg departementets arbeid med internasjonal statistikk og statistikkavtalar med OECD og EU.
Mål for 2025
Eit godt kunnskapsgrunnlag for utforminga av kunnskapspolitikken.
Resultat i 2023
Kunnskapssenter for utdanning (KSU) hadde oppstart ved Universitetet i Stavanger i 2019. Senteret har høg aktivitet i tråd med mandatet. I 2023 har Kunnskapssenter for utdanning gjennomført fleire kunnskapsoppsummeringar og publisert elleve forskingsnotat. Senteret lanserte eit tidsskrift for systematiske kunnskapsoversikter, Nordic Journal of Systematic Reviews in Education, i 2022 og publiserte den første vitskaplege kunnskapsoversikta der i 2023. Senteret har òg kartlagt forsking som er gjord på fleire område innanfor utdanning, oppdatert den nordiske basen over barnehageforsking og oppdatert databasen med oversikt over utdanningsforsking med midlar frå Forskingsrådet. Det er nyttige verktøy for å finne fram til forsking og for å avdekke kunnskapshol. Senteret gjennomførte òg ei sjølvevaluering som vil vere til hjelp i den vidare utviklinga av senteret.
Senter for læringsanalyse (SLATE) styrker forskinga på og bruken av læringsanalyse i Noreg. Midtvegsevalueringa av senteret skildrar eit unikt tverrfagleg forskingsmiljø og viser at SLATE oppfyller måla i mandatet frå departementet.
Kunnskapssektorens datafellesskap (KUDAF) starta i 2022 og blir leia av HK-dir. Programmet skal legge til rette for tryggare, raskare og betre deling av data mellom Kunnskapsdepartementets underliggande verksemder. Dei fleste av verksemdene er no involverte i programmet, og det er utvikla ei felles forståing av konseptet orden i eige hus, som mellom anna inneber at ei verksemd skal ha god oversikt over data dei handterer, ha gode beskrivingar av desse dataa og vite kven som både bruker og kan bruke dei. Det er sett i gang fleire verdikjedeanalysar som skal demonstrere nytten av deling av data på tvers av verksemdene, og ei første publikumsløysing for tilgang til data er utvikla og testa på ulike brukarar. Det er òg etablert eit rådgivande juridisk forum som skal vurdere dei juridiske sidene ved deling av data og utvikling av datastrukturen.
Budsjettforslag for 2025
Departementet foreslår å løyve 53,7 mill. kroner på post 21. Kunnskapsdepartementet planlegg å fordele midlane til tiltaka slik dei er sette opp i tabell 4.1. Tiltaka er omtala nedanfor.
Målet med KUDAF-programmet er ein infrastruktur for vidarebruk av data som gir rask, rimeleg og sikker tilgang. Programmet skal gjennomførast i samarbeid med andre verksemder under Kunnskapsdepartementet. Departementet foreslår å vidareføre tildelinga til programmet i HK-dir i 2025. I løpet av 2025 vil departementet vurdere grunnlaget for vidareføring av programmet og eventuell overgang til ein driftsfase.
Kunnskapssenter for utdanning (KSU) ved Universitetet i Stavanger skal lage kunnskapsoppsummeringar og ha oversyn over og formidle nasjonal og internasjonal forsking som kan gi innsikt i kva som medverkar til kvalitet i utdanninga og opplæringa. Departementet foreslår å vidareføre tildelinga til senteret i 2025.
Fagmiljøet for læringsanalyse (SLATE) ved Universitetet i Bergen (UiB) skal styrke forskinga på og bruken av læringsanalyse i Noreg. Senteret har vore delfinansiert frå Kunnskapsdepartementet i 10 år, etter avtale. Forskinga ved senteret dreiar seg om dei teknologiske, pedagogiske, fortolkande, kulturelle, etiske og rettslege aspekta ved læringsanalyse og kunstig intelligens i utdanning (AIEd). Den statlege delfinansieringa av senteret tek slutt i 2024, men aktiviteten ved senteret vil halde fram med midlar frå UiB.
Det er framleis stort behov for innsikt i korleis ein kan forstå, ta i bruk og utvikle kunstig intelligens i utdanning og forsking, og SLATE tek del i satsinga UiB AI. Målsetjinga med UiB AI er å koordinere og gjere synleg forsking, utdanning og innovasjon innanfor kunstig intelligens ved universitetet og legge til rette for samarbeid på tvers av fagmiljøa og med partnarar utanfor UiB. Departementet vil fordele midlar gjennom SLATE for å styrke denne satsinga innanfor kunstig intelligens.
Det er behov for å styrke samspelet mellom produksjon av forsking, formidling av forsking og bruk av utdanningsforskinga. Departementet vil ta initiativ til dette gjennom ei planlagd fornying av strategien for utdanningsforsking. Departementet vil prioritere dette for å fremje desse måla, følge opp langtidsplanen for forsking og høgare utdanning, og fremje område innanfor utdanningsforsking med særskilde behov for kunnskap og utvikling i åra framover.
Det er behov for å styrke kunnskapen om kva forsking og utvikling har å seie for ivaretakinga av nasjonale sikkerheitsinteresser, gjennom ei kartlegging og vurdering av moglege skjermingsverdige verdiar på området. Departementet vil prioritere dette formålet i 2025.
Departementet vil vidareføre ADMOD-prosjektet i Statistisk sentralbyrå (SSB). Prosjektet framskriv langsiktige behov for og tilgang på kompetanse i Noreg. I samband med avslutta prosjektperiode for ADMOD-prosjektet i SSB for perioden 2021–2024 foreslår departementet å flytte 321 000 kroner tilbake til kap. 900, post 21 over Nærings- og fiskeridepartementets budsjett.
Ein styrke ved ADMOD er at modellen dekker heile arbeidsmarknaden og tek omsyn til at arbeidskraftbehovet i ei næring kan endre seg som følge av endringar i andre næringar (likevektmekanisme). Ei slik heilskapleg tilnærming blir endå viktigare i framtida, ettersom konkurransen om kompetent arbeidskraft vil tilspisse seg. Prosjektet er knytt til arbeidet i Kompetansebehovsutvalet (KBU).
Departementet planlegg òg å fordele midlar til nye analysar, forsøk og utgreiingar. Her inngår mellom anna eit forskingsprosjekt om medborgarskap, eit oppdrag til HK-dir om langsiktige konsekvensar av pandemien i høgare utdanning, og ei midtvegsevaluering av SpedAims-senteret. Delar av løyvinga kan òg bli nytta til digitale utviklingsprosjekt i sektoren, og til forsking knytt til PIAAC – Voksnes ferdigheter, sjå nærare omtale under kap. 258, post 21. Departementet vil ved behov omdisponere midlar mellom dei ulike tiltaka på posten.
Tabell 4.1 Fordeling av løyvinga på kap. 201, post 21
(1 000 kr) | |
---|---|
Program for framtidig deling av data om utdanning og forsking: Kunnskapssektorens datafellesskap (KUDAF) | 20 000 |
Kunnskapssenter for utdanning ved Universitetet i Stavanger (KSU) | 14 750 |
Kunnskapsdepartementets statistikkavtalar med SSB, OECD og EU | 4 120 |
Oppfølging av initiativ i Kunnskapsdepartementets strategi for utdanningsforsking 2025–2029 | 4 000 |
Nye analysar, forsøk og utgreiingar | 3 661 |
Analyse av FoUs betydning for ivaretakinga av nasjonale sikkerheitsinteresser | 3 000 |
Forsking på kunstig intelligens i utdanning og forsking gjennom SLATE/UiB | 3 000 |
Vidareføring av ADMOD-prosjektet i SSB | 1 200 |
Totalt | 53 731 |
Post 50 Forsking om utdanning og forsking
Kunnskapsdepartementet foreslår å avvikle posten og flytte løyvinga til ny post 70. Sjå mål og budsjettforslag der.
Resultat i 2023
Forskingsrådets portefølje for utdanning og kompetanse omfattar heile utdanningsløpet frå barnehage til læring i samfunn og arbeidsliv. Det er mest forsking om grunnskulen, men aukande innsats på forsking om og for barnehage og høgare utdanning. Det meste av den samla innsatsen går til fagmiljø i samfunnsvitskap, følgt av matematikk, naturvitskap og humaniora. Mange prosjekt er tverrfaglege, særleg mellom dei pedagogiske faga.
Det er høg kvalitet på forskingsprosjekta som får tildelt midlar i Forskingsrådet. Utlysingar retta mot unge talent bidreg til å bygge framtidas fagmiljø. Fleire prosjektsøknader frå unge forskarar fekk den høgaste karakteren i vurderinga av ekspertane.
Forskingsrådets aktivitetar retta mot utdanning og kompetanse bidreg til å styrke forskingskapasiteten og -kompetansen på sentrale område for og i utdanningssektoren der det er spesielle forskings- og innovasjonsbehov. Døme på dette er satsinga på FoU i lærarutdanningane, forsking med eksperimentelt design og effektar av tiltak for auka kvalitet i barnehage, grunnskule og vidaregåande opplæring.
Tildeling av midlar til Centre for Research on Equality in Education (CREATE), som starta opp i 2023, støttar forsking om korleis ein kan redusere ulikskap i utdanning. Senteret vil bringe fram banebrytande kunnskap om læringsmiljø som gir moglegheiter til alle barn, uavhengig av bakgrunn, for å realisere potensialet sitt.
I 2022 blei det gjort ei midtvegsevaluering av dei to sentera for barnehageforsking som posten finansierer gjennom Forskingsrådet. Sentera BARNkunne og FILIORUM har oppfylt suksesskriteria og fått særs gode tilbakemeldingar frå den internasjonale ekspertkomiteen. Mellom anna trekker komiteen fram ei omfattande og auka publisering, god formidling, mykje internasjonalt samarbeid og eit godt samarbeid dei to sentera imellom. Dette heldt fram i 2023.
Senter for spesialpedagogisk forsking og inkludering (SpedAims) blei oppretta i 2021 gjennom Noregs forskingsråd. Senteret er eit samarbeid mellom universiteta i Oslo, Bergen og Stavanger og Agder og Nord universitet. Forskinga i senteret består av sju arbeidspakkar og mellom anna longitudinelle studiar som lenge har vore etterspurde av departementet. Senteret kan allereie vise til ein publisert metastudie og stor aktivitet knytt til populærvitskapleg forskingsformidling.
Post 70 Noregs forskingsråd – forsking om utdanning og forsking
Kunnskapsdepartementet foreslår at løyvingar til tilskot gjennom Forskingsrådet skal gå over 70-postar, som er meir i tråd med statens kontoplan, og opprettar ein ny post 70, som erstattar tidlegare post 50 Forsking om utdanning og forsking.
Mål for 2025
Eit godt kunnskapsgrunnlag for utforminga av kunnskapspolitikken.
Budsjettforslag for 2025
Departementet foreslår å løyve 265,1 mill. kroner på post 70.
Kunnskapsdepartementet foreslår at posten blir budsjettert med ei årleg løyving og ei tilsegnsramme, med tilhøyrande tilsegnsfullmakt.
Departementet foreslår at Noregs forskingsråd kan lyse ut 25 mill. kroner årleg til forsking på høgare yrkesfagleg utdanning og fag- og yrkesopplæring. Tiltaket aukar løyvinga med 1,3 mill. kroner i 2025 og tilsegnsfullmakta med 23,8 mill. kroner.
Løyvinga på posten skal dekke forventa utbetalingar i det gjeldande budsjettåret av tilsegner som Forskingsrådet allereie har gitt i tidlegare år, og av nye tilsegner som kjem til utbetaling i budsjettåret. 6,8 mill. kroner av løyvinga går til nye tilsegner som kjem til utbetaling i 2025, og 258,3 mill. kroner til å dekke tilsegner som er gitt tidlegare år, men som kjem til utbetaling i 2025.
Posten må budsjetterast med ei tilsegnsfullmakt fordi Forskingsrådet finansierer fleirårige forskingsprosjekt og treng fullmakt frå Stortinget for å kunne forplikte staten utover gjeldande budsjettår. Tilsegnsfullmakta skal vise statens uteståande forpliktingar på posten, det vil seie den delen av gitte tilsegner som enno ikkje er utbetalte, ved utgangen av budsjettåret.
Departementet foreslår ei tilsegnsfullmakt på 799,9 mill. kroner knytt til posten, jf. forslag til vedtak IV nr.1.
Tilsegnsramma skal tilsvare summen av nye tilsegner som Forskingsrådet kan gi i budsjettåret. Det er tilsegnsramma som vil definere kor mykje ny aktivitet som kan setjast i gang i budsjettåret, ikkje løyvinga. Regjeringa sitt forslag til løyving og tilsegnsfullmakt gir ei tilsegnsramme på 223,8 mill. kroner.
Porteføljar og ordningar i Forskingsrådet skal fremje forsking av høg kvalitet om og for utdanningssektoren og bidra til å nå måla i Kunnskapsdepartementets strategi for utdanningsforsking. Mellom anna skal midlane fremje metodemangfald, styrke vitskapleg kompetanse der forskingstradisjonane er svake, og stimulere både til samarbeid på tvers av forskingsdisiplinar og til brukarmedverknad i utdanningsforskinga. Midlane støttar òg opp om ei felles forsking- og innovasjonssatsing frå fleire departement om utsette barn og unge, der målet er betre løysingar på tvers av tenestetilbod og sektorar. Satsinga er òg ein del av arbeidet med samfunnsoppdraget om å inkludere barn og unge. Midlane gir òg rom for å vidareføre løyvingane til dei to sentera for barnehageforsking (BARNkunne og FILIORUM) og senteret for spesialpedagogisk forsking og inkludering (SpedAims).
Forsking og innovasjon er viktige for omstillinga av næringslivet og utviklinga av samfunnet. Ei eiga satsing i Forskingsrådet (FORINNPOL) har finansiert tre senter som har styrkt kunnskapsgrunnlaget for forskings- og innovasjonspolitikken. Det er framleis stort behov for innsikt i korleis ein kan forstå og utvikle kvalitet i forskinga, korleis ein betre kan ta i bruk forsking, på kva måte resultat og effektar av forsking oppstår, og kva som kan fremje omstillinga til ein meir berekraftig og smartare norsk økonomi. Midlane gir rom til å vidareføre satsinga for å styrke kunnskapsgrunnlaget for forskings- og innovasjonspolitikken.
Programkategori 07.20 Grunnopplæringa
Utgifter under programkategori 07.20 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2023 | Saldert budsjett 2024 | Forslag 2025 | Endring i pst. |
220 | Utdanningsdirektoratet | 713 720 | 712 901 | 781 457 | 9,6 |
221 | Foreldreutvala for grunnopplæringa og barnehagane | 16 990 | 17 012 | 17 492 | 2,8 |
222 | Statlege skular og fjernundervisningstenester | 140 505 | 149 046 | 158 687 | 6,5 |
223 | Diamanten skole | 26 477 | 28 983 | 29 813 | 2,9 |
224 | Tilskot til freds- og menneskerettssenter | 129 046 | 151 698 | 194 684 | 28,3 |
225 | Tiltak i grunnopplæringa | 2 454 956 | 2 595 080 | 2 759 106 | 6,3 |
226 | Kvalitetsutvikling i grunnopplæringa | 3 087 577 | 3 145 242 | 3 338 013 | 6,1 |
227 | Tilskot til særskilde skular | 229 695 | 244 178 | 258 901 | 6,0 |
228 | Tilskot til private skular o.a. | 6 882 204 | 7 193 029 | 8 100 441 | 12,6 |
229 | 22. juli-senteret | 32 029 | 50 485 | 58 428 | 15,7 |
230 | Statleg spesialpedagogisk teneste | 646 183 | 666 435 | 685 275 | 2,8 |
Sum kategori 07.20 | 14 359 382 | 14 954 089 | 16 382 297 | 9,6 |
Inntekter under programkategori 07.20 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2023 | Saldert budsjett 2024 | Forslag 2025 | Endring i pst. |
3220 | Utdanningsdirektoratet | 960 | 2 587 | 2 685 | 3,8 |
3222 | Statlege skular og fjernundervisningstenester | 22 902 | 21 909 | 25 842 | 18,0 |
3223 | Diamanten skole | 980 | 715 | 742 | 3,8 |
3225 | Tiltak i grunnopplæringa | 198 749 | 302 337 | 293 709 | –2,9 |
3230 | Statleg spesialpedagogisk teneste | 32 011 | 35 045 | 36 269 | 3,5 |
Sum kategori 07.20 | 255 602 | 362 593 | 359 247 | –0,9 |
Innleiing
Grunnopplæringa skal sikre inkludering, meistring og kvalifisering. Den norske fellesskulen skal gi elevane gode fagkunnskapar, ferdigheiter og eit breitt grunnlag for vidare utdanning, arbeid og deltaking i samfunnslivet. At barn og unge med ulik bakgrunn møter kvarandre og lærer saman i skulen, er viktig for fellesskapet, bygger ned skilnader og bygger opp tilliten vi har til kvarandre. Opplæringa skal bidra til eit berekraftig samfunn med små skilnader og høg tillit. Alle barn og elevar skal ha likeverdige moglegheiter uavhengig av bakgrunn. Barn og unge med behov for særskild tilrettelegging skal bli fanga opp tidlegare, slik at dei kan få den hjelpa og støtta som dei har rett til. Tidlegare innsats vil bidra til å førebygge at utfordringane og tilretteleggingsbehova for barn og unge vert endå større, og vil gi barn betre grunnlag for trivsel, utvikling og læring frå første stund. Skulen skal bli meir praktisk, aktiv og variert, slik at fleire elevar opplever motivasjon og meistring.
Følgande overordna mål for Kunnskapsdepartementet er særleg relevante for løyvingane under programkategori 07.20:
Kunnskapssektoren har tilbod av høgare kvalitet.
Sterkare felles opplærings- og utdanningsmiljø fremjar inkludering, motivasjon og meistring.
Ein meir samordna og tidlegare innsats for alle barn og unge.
Medarbeidarane i kunnskapssektoren har meir relevant kompetanse.
Opplæring og utdanning som gir fleire relevant kvalifisering.
Kompetanseheving og livslang læring er meir tilgjengeleg for alle over heile landet.
Grunnopplæringa er i hovudsak finansiert av dei frie inntektene til kommunane og fylkeskommunane, det vil seie rammetilskotet og skatteinntekter. Kommunane og fylkeskommunane har eit sjølvstendig ansvar for å budsjettere midlar til grunnopplæringa etter lokale prioriteringar og behov. Dette gjeld midlar til både drift, investeringar og kvalitetsutvikling av grunnopplæringa. Fylkeskommunane gir tilskot til lærebedriftene etter satsar som er fastsette av staten. Nedanfor følger hovudprioriteringane til regjeringa for 2025, deretter ein omtale av ulike tema innanfor grunnopplæringa, med både vurdering av tilstanden og forslag til tiltak for å møte utfordringane. Samla sett viser omtalen korleis tiltak i sektoren skal medverke til å nå dei overordna måla til regjeringa.
For statistikk og meir informasjon om ressursbruken i grunnopplæringa, sjå del III, kap. 6 Nøkkeltal for grunnopplæringa. Sjå òg del I, kap. 3 Oppfølging av oppmodingsvedtak.
Den nye opplæringslova som tok til å gjelde 1. august 2024, er ei vidareføring av førre lov, men har i tillegg ei rekke nye reglar. Nettsidene til Utdanningsdirektoratet gir god informasjon om det som er nytt, og direktoratet er i gang med å støtte kommunar, fylkeskommunar og skular i forståinga av regelverket. Statsforvaltarembeta bidreg i dette arbeidet.
Hovudprioriteringar for 2025
Regjeringa la 13. september 2024 fram Meld. St. 34 (2023–2024) En mer praktisk skole – Bedre læring, motivasjon og trivsel på 5.–10. trinn. Meldinga omtalar regjeringa sine tiltak for å snu den negative utviklinga ho ser i skulen på fleire område. Hovudmålet med meldinga er å styrke læringa, utviklinga, motivasjonen og meistringa til elevane, mellom anna gjennom å bidra til meir praktisk læring i skulen. Samla foreslår regjeringa ein auke på 210 mill. kroner for å følge opp ulike tiltak i meldinga. I tillegg foreslår regjeringa i 2025 å auke investeringsramma for rentekompensasjonsordninga ved innkjøp og investering i utstyr, inventar og læringsarenaer på 5.–10. trinn til 2 mrd. kroner, og på sikt skal denne auke til 8 mrd. kroner.
Regjeringa foreslår i meldinga å opprette eit nasjonalt program for ein meir praktisk skule. Regjeringa foreslår å løyve 30 mill. kroner til å setje i gang fleire utviklingsprosjekt for ein meir praktisk og fysisk aktiv skule, å utvikle støtteressursar og til tiltak på vurderingsfeltet. Som ein del av programmet vil regjeringa i tillegg styrke drifta av utvalde nasjonale senter med totalt 20 mill. kroner.
Regjeringa foreslår for 2025 å styrke tilskotsordninga for utstyr og læringsarenaer for meir praktisk, variert og relevant læring som ein del av det nasjonale programmet for meir praktisk læring, og vil auke tilskotet til 160 mill. kroner.
Regjeringa vil styrke innsatsen på skular med størst skulemiljøutfordingar ved å løyve 45 mill. kroner til ei tilskotsordning for at lokale skulemyndigheiter kan få støtte til å opprette skulemiljøteam. Vidare vil regjeringa støtte kommunar i ein målretta innsats mot ungdomskriminalitet og utrygge skulemiljø slik at dei kan etablere beredskapsteam. Regjeringa foreslår 70 mill. kroner til beredskapsteam. Satsinga inneber ein samla auke på 100 mill. kroner i 2025 og skal bidra til at skular og kommunar med særlege utfordringar får tett oppfølging for å styrke elevanes læring og trivsel.
Regjeringa ønsker å få fleire til å lese meir og at elevane utviklar betre leseferdigheiter, og ein leselyststrategi vart lagd fram i slutten av mai. Regjeringa vil vidareutvikle satsinga på lesing og foreslår å styrke løyvinga til den nasjonale satsinga Tid for lesing til totalt 18 mill. kroner i 2025.
Som omtala i meldinga om 5.–10. trinn, er realfag eit viktig område for regjeringa. Regjeringa foreslår å styrke realfagsopplæringa i grunnskulen med ei nasjonal satsing på matematikk og naturfag med høvesvis 15 mill. kroner og 10 mill. kroner.
Meldinga følger òg opp tilrådingane til Kvalitetsutviklingsutvalet i NOU 2023: 27 Et nytt system for kvalitetsutvikling – for elevenes læring og trivsel. Regjeringa foreslår å utvikle eit nytt kvalitetsutviklingssystem for skulen. Eit betre system skal fremje elevanes læring, trivsel og utvikling, og skulens verdigrunnlag og breie mandat skal ligge til grunn. I meldinga blir det i tillegg foreslått ein tiltakspakke for å førebygge bekymringsfullt fråvær og innføring av eit nasjonalt fråværssystem.
Frå hausten 2024 er tilbodet om 12 timar gratis SFO per veke utvida til også å gjelde 3. trinn, og heilårsverknaden i 2025 er 1,14 mrd. kroner. I tillegg foreslår departementet å løyve 10 mill. kroner i 2025 til kvalitet i SFO og auka kompetanse for dei tilsette.
For å møte dei teknologiske drivarane og ivareta barn, unge og elevar vidarefører departementet midlar i 2025 til å følge opp Strategi for digital kompetanse og infrastruktur i barnehage og skule. Arbeidet med felles støttetenester for å betre etterlevinga av regelverket og utvikle dei digitale fellesløysingane i skulesektoren vil ha høg prioritet.
Regjeringa vil innføre eit nytt heilskapleg system for kompetanse- og karriereutvikling for lærarar og andre tilsette med mål om at alle barn og elevar skal få eit best mogleg grunnlag for læring, utvikling og trivsel i barnehagen og grunnopplæringa. Systemet blir fasa inn i 2025 og 2026. Frå hausten 2025 vil regjeringa utvide tilskotsordninga for rettleiing av nyutdanna lærarar til å gjelde barnehagelærarar og lærarar i vidaregåande skule, og foreslår samstundes å auke tilskotet med 75 mill. kroner.
Regjeringa vil i 2025 halde fram oppfølginga av meldinga om samisk språk, kultur og samfunnsliv.
Hausten 2024 tok eit av dei mest sentrale tiltaka i fullføringsreforma til å gjelde. Med ny opplæringslov har elevane fått rett til opplæring til dei har fullført vidaregåande opplæring. Regjeringa foreslår å vidareføre tilskotet for å finansiere denne retten med 320 mill. kroner i 2025. Andre viktige endringar for vidaregåande opplæring i ny opplæringslov, som retten til yrkesfagleg rekvalifisering, er allereie finansierte over rammetilskotet til fylkeskommunane.
Departementet foreslår 15 mill. kroner til ei forsøksordning med tilskot til verksemder som tek inn vaksne med ulike utfordringar i eit opplæringsløp. Målet er at bedrifta etter ein periode med opplæring skal inngå lærekontrakt, og at lærlingen skal ta fag- eller sveinebrev. Ordninga skal prøvast ut i nokre få fylke. Regjeringa planlegg for at forsøket varer i tre år.
Regjeringa foreslår å vidareføre tilskotet til tiltak for å kvalifisere og formidle fleire til læreplass med 479 mill. kroner.
Regjeringa vil opprette eit nasjonalt senter for yrkesfag som ei eining i Utdanningsdirektoratet. Senteret skal vere ein pådrivar for nytenking og langsiktig strategisk arbeid for å auke kvaliteten i fag- og yrkesopplæringa, i tett samarbeid med arbeidslivet. I tillegg skal senteret ha som mål å styrke samarbeidet og samanhengen mellom fag- og yrkesopplæringa i vidaregåande opplæring og høgare yrkesfagleg utdanning. For 2025 foreslår regjeringa å styrke Utdanningsdirektoratet med 5 mill. kroner til drift av senteret. I tillegg foreslår departementet 5 mill. kroner til forsking og utvikling ved senteret. Regjeringa vil gjere ei særskild vurdering av behovet for auka midlar til drift og forsking seinast i statsbudsjettet for 2026.
Departementet foreslår å styrke arbeidet med eksamen og vurdering med 15 mill. kroner. Den samla løyvinga til eksamen og vurdering skal bidra både til å trygge eksamensgjennomføringa og til vidareutvikling av eksamens- og vurderingsfeltet etter fagfornyinga, fullføringsreforma i vidaregåande opplæring og vurderingsformer som fremjar praktisk læring.
Læring, motivasjon og trivsel
Ein fellesskule for alle sørger for at elevar med ulik bakgrunn og ulike interesser møtest og lærer saman. Opplæringa skal danne heile mennesket og gi kvar og ein høve til å utvikle evnene sine. Barn og unge lever her og no, og det er viktig å anerkjenne eigenverdien i barndommen og ungdomstida. Samstundes skal opplæringa førebu dei på seinare arbeidsliv og samfunnsdeltaking. Fagleg læring er ein sentral del av både dannings- og utdanningsoppdraget til grunnopplæringa. Fagleg læring bør ikkje isolerast frå sosial læring. Skulen skal støtte og bidra til den sosiale læringa og faglege utviklinga til elevane gjennom arbeid med faga og i skulekvardagen elles. Eit trygt og inkluderande læringsmiljø er grunnlaget for ein positiv kultur der elevane blir oppmuntra og stimulerte til fagleg og sosial utvikling. Alle elevar har rett til eit trygt og godt skulemiljø som fremjar helse, inkludering, trivsel og læring, jf. opplæringslova kap. 12.
Dei fleste elevar og lærlingar trivst i opplæringa, men det er utfordringar i læringsmiljøet, og læringsresultata går ned
Negativ utvikling i læringsresultat
Læringsresultata for norske elevar har gått tydeleg tilbake i fleire fag og ferdigheiter. Frå 2018 til 2022 gjekk prestasjonane tilbake i lesing, matematikk og naturfag målt i PISA-undersøkinga. Tilbakegangen var stor i matematikk og lesing, og noko mindre i naturfag. Det var også betydeleg fleire elevar på dei lågaste meistringsnivåa. Nedgangen i Noreg var større enn i dei fleste andre OECD-landa. PIRLS 2021 viste ein tilsvarande nedgang i leseferdigheitene til norske tiåringar. Resultata i matematikk og naturfag bør sjåast i samanheng med dei dalande prestasjonane til norske ungdomsskulelevar på TIMSS 2019.
International Civic and Citizenship Education Study (ICCS) måler kunnskapen elevane har om demokrati og medborgarskap, i tillegg til haldningane og åtferda deira. I ICCS 2022 gjekk dei norske resultata ned for første gong når det gjeld kunnskapen om demokrati. Resultata no er lågare enn då Noreg deltok første gong i 2009. Det er ein markant større prosentdel av elevane som skårar på det lågaste kunnskapsnivået. Det er i tillegg ein nedgang i prosentdelen som skårar på dei høgaste kunnskapsnivåa. Norske elevar skårar likevel framleis signifikant betre enn gjennomsnittet av deltakarlanda i ICCS.
Ifølge Utdanningsdirektoratets analysar viser dei nasjonale prøvane små endringar i resultata på 5. trinn samanlikna med 2022. Gutane presterer betre enn jentene i rekning og engelsk, medan det er motsett i lesing. Elevane på 8. og 9. trinn gjer det noko svakare enn fjorårets kull i både lesing og rekning. Resultata i engelsk endra seg lite frå 2022 til 2023. Kjønnsforskjellane i lesing og rekning er sterkare enn i fjor. Tilsvarande tendensar til kjønnsskilnader kom også fram i PISA 2022-undersøkinga. Jentene gjer det mykje betre enn gutane i lesing, og også litt betre i naturfag. I matematikk var det derimot ingen kjønnsskilnader.
Grunnskulepoeng er eit mål for karaktersnittet til elevane på vitnemålet og består av både standpunkt- og eksamenskarakterar. Statistikken for avgangselevane i 2024 viser ein liten nedgang i oppnådde grunnskulepoeng samanlikna med året før. Nedgangen var større rett etter pandemiåra.
Negativ utvikling i læringsmiljø
I Elevundersøkelsen 2023 rapporterer mange av elevane generelt om eit godt læringsmiljø med høg trivsel, faglege utfordringar og meistring. Dei opplever òg god støtte både heimanfrå og frå lærarane. Likevel er det ei negativ endring i oppfatninga deira av læringsmiljøet. Samanlikna med året før er det færre elevar som opplever læringsmiljøet som godt.
Motivasjonen går ned
Elevundersøkelsen 2023 viser at motivasjonen til elevane over tid har gått ned. På dei obligatoriske trinna i elevundersøkinga er motivasjonen lågast på 10. trinn, men det har vore størst nedgang i elevmotivasjonen på 7. trinn dei siste åra. På 7. trinn har elevmotivasjonen vore fallande sidan 2019, og på 10. trinn har han falle sidan 2020. Frå 2022 til 2023 gjekk delen av elevar som svarer at dei er interesserte i å lære ned med sju prosentpoeng for elevar på 10. trinn og 4 prosentpoeng for 7. trinn.
Færre elevar trivst på skulen
Meir enn åtte av ti elevar på 7. trinn og 10. trinn svarer at dei trivst på skulen, men dei siste fire til fem åra er det stadig færre elevar som svarar at dei trivst godt på skulen. På 10. trinn er nedgangen særleg stor det siste året, medan delen av elevar på 7. trinn som seier dei trivst godt på skulen, har gått jamt ned dei siste åra.
Mobbinga har auka
Resultata frå elevundersøkinga viser at delen elevar som svarer at dei blir mobba, er markant høgare i 2023 enn året før. Dette gjeld på alle trinn. Det er på dei lågaste trinna det er høgast mobbetal. På 7. trinn er det dobbelt så mange elevar som svarer at dei har blitt mobba, samanlikna med Vg1.
Spørjeundersøkinga Ungdata 2024 viser mykje av dei same resultata som elevundersøkinga: Den generelle trivselen i skulen er framleis høg, samstundes som delen som seier dei trivst, har gått ned over tid. Meir enn sju av ti fortel at dei kjedar seg. Her kjem det òg fram at om lag éin av tre ofte gruar seg til å gå på skulen, og det er fleire som rapporterer om mobbing.
Lærlingundersøkelsen 2023 viser at 8 av 10 lærlingar trivst på arbeidsplassen. 9 av 10 svarer at dei trivst med kollegaene dei har i lærlingtida. Undersøkinga viser at 3,7 pst. svarer at dei er blitt mobba på arbeidsplassen i løpet av den siste månaden. Dette talet har vore relativt stabilt over fleire år.
Bekymringsfullt skulefråvær
Skulefråværet har stige dei siste åra. Tala for fråvær på 10. trinn frå skuleåret 2022–23 viser at elevane er borte vesentleg fleire dagar og timar enn i 2018–19, som er det siste skuleåret ein kan samanlikne med frå før pandemien. Det er bekymringsfullt at mange fleire elevar på 10. trinn har meir enn 20 dagar fråvær, opp frå 9 pst. i 2018–19 til 15 pst. i 2022–23. Det finst ikkje nasjonal statistikk over fråvær på 1.–9. trinn i skulen, men fleire undersøkingar tyder på at fråværet er stigande i heile skuleløpet. Høgare skulefråvær er ein trend i fleire andre land, både i og utanfor Norden.
Fysisk utagering, vald og truslar mot tilsette i skulen
Tal frå Statens arbeidsmiljøinstitutt (STAMI) frå 2019 viser at 26 pst. av grunnskulelærarane har vore utsette for vald og truslar om vald. Tala vert ikkje spesifiserte på skuletrinn, men basert på opplysningar frå andre rapportar er det grunn til å tru at det er flest tilfelle på barnetrinnet. Tilsvarande tal for alle yrkesaktive i Noreg er 7 pst.
Sjå meir statistikk om læringsresultat i del III, kap. 6 Nøkkeltal for grunnopplæringa.
Innsats for betre læring, motivasjon og trivsel
Stortingsmelding om 5.–10. trinn
Meld. St. 34 (2023–2024) En mer praktisk skole – Bedre læring, motivasjon og trivsel på 5.–10. trinn blei lagd fram for Stortinget 13. september 2024. Meldinga tek utgangspunkt i dei ulike negative utviklingstrekka i norsk skule dei siste åra når det gjeld fagprestasjonar, motivasjon, trivsel, skulemiljø og skulefråvær. Meldinga presenterer regjeringas politikk og tiltak for å snu utviklinga. Tiltaka skal bidra til betre læringsresultat, meir praktisk og variert undervisning, betre skulemiljø og mindre bekymringsfullt fråvær. Meldinga gir tydelege signal om at det er behov for ein betre balanse i bruken av digitale og analoge verktøy og ressursar i skulen.
Innføring av eit nasjonalt program for å styrke praktisk læring
Læreplanverket som blei innført i 2020, ligg til grunn for tiltaka i meldinga. Dei nye læreplanane legg godt til rette for praktisk og utforskande læring, men tilbakemeldingar frå skuleleiarar og lærarar tyder på at sjølv om mange støttar opp om dei nye planane, treng lærarane tid og støtte til å ta ut potensialet i dei. Regjeringa foreslår i meldinga mellom anna å opprette eit nasjonalt program for ein meir praktisk skule. Programmet skal støtte skulane i arbeidet med praktisk læring i alle fag og med å realisere innhaldet i læreplanane. Det skal byggast opp over tid og skal bestå av ulike økonomiske, pedagogiske, kompetansebyggande og rettleiande ressursar for fagleg og tverrfagleg praktisk læring.
I arbeidet med meldinga kom det fram at tilstrekkeleg med utstyr, inventar og gode læringsarenaer er viktig for å få til meir praktisk læring. Regjeringa har derfor oppretta både ei tilskotsordning og ei rentekompensasjonsordning ved innkjøp og investering i utstyr, inventar og læringsarenaer på 5.–10. trinn. Regjeringa vil auke løyvinga til tilskotsordninga til 160 mill. kroner i 2025. Rentekompensasjonsordninga er ei 8-årig ordning og blir administrert av Husbanken. I 2025 foreslår regjeringa å auke investeringsramma til 2 mrd. kroner, og på sikt skal denne auke til 8 mrd. kroner. Begge ordningane inngår i det nasjonale programmet for meir praktisk læring. Regjeringa foreslår òg å løyve 30 mill. kroner til å utvikle ulike støtteressursar, kompetansetiltak, tiltak på vurderingsfeltet og til å setje i gang utviklingsprosjekt gjennom programmet. Utviklingsprosjekta skal vere for skular som er særleg motiverte, og som ønsker å ha ein særleg praktisk og/eller ein særleg fysisk aktiv skulekvardag. Siktemålet er å utvikle pilotskular som skal bidra til kompetanseutvikling, erfaringsdeling og inspirasjonsspreiing. Regjeringa vil òg utvikle støtte til å ta i bruk varierte opplæringsarenaer i den vanlege undervisninga og til å utnytte lokalt handlingsrom for å få dette til.
Gjennom det nasjonale programmet for meir praktisk læring vil regjeringa òg styrke utvalde nasjonale senter, slik at dei på ulike måtar kan gi støtte til praktisk læring innanfor sine fagområde, både gjennom lokal kompetanseutvikling og til utvikling av lærarutdanningane. Konkret betyr det at i tillegg til å auke grunnløyvinga til matematikksenteret, naturfagsenteret, skrivesenteret og lesesenteret, foreslår regjeringa ei nasjonal satsing på matematikk og ei nasjonal satsing på naturfag. I tillegg held regjeringa fram satsinga på lesing. Styrkinga av dei nasjonale sentera skal bidra til at dei i større grad kan hjelpe skulane i arbeidet med å gi ei meir praktisk opplæring. Sjå òg omtale i programkategori 07.60 Høgare utdanning og forsking.
Regjeringa vil innføre praktiske valfag på mellomtrinnet og gjere det obligatorisk for skulane å tilby arbeidslivsfag på ungdomstrinnet. Det nasjonale programmet for meir praktisk læring skal òg bidra til å styrke desse faga. Desse forslaga vil bli sendt på høyring.
Betre leseferdigheiter gjennom nasjonal satsing på lesing og styrking av skulebiblioteka
Gode leseferdigheiter er svært viktig for elevane, både her og no og for det livet dei skal leve i framtida. Å kunne lese er avgjerande for å lære i faga og for å utvikle ordforråd og kritisk tenking. Skulen skal bidra til at alle elevar, uavhengig av bakgrunn, får moglegheit til å bli gode lesarar.
Lesevanane, haldningane til det å lese og leselysta til barn og unge heng nøye saman med leseferdigheitene deira. I både PISA 2018 og 2022 har det vore stor tilbakegang i leseferdigheitene til norske 15-åringar. I PIRLS 2021 var det for første gang ein nedgang i leseprestasjonane til norske 10-åringar, og nedgangen er betydeleg. Alle dei nordiske landa hadde nedgang i resultat i PIRLS 2021, men nedgangen er størst i Noreg. Samstundes er det slik at dei norske elevane presterer godt over det internasjonale gjennomsnittet. Norske elevar har lågast leseglede av alle dei 65 landa som var med i PIRLS 2021. I både PISA og PIRLS er det store kjønnsskilnader. Det er fleire gutar enn jenter som presterer på dei lågaste nivåa, medan det er fleire jenter enn gutar på dei høgaste nivåa. PISA-undersøkinga har vist at bakgrunnen til elevane har innverknad på leseferdigheitene.
Regjeringa ønsker å få fleire til å lese meir og at elevane utviklar betre leseferdigheiter. Kunnskapsdepartementet har samarbeidd med Kultur- og likestillingsdepartementet om ein leselyststrategi som blei lagd fram våren 2024. Her lanserte regjeringa mellom anna den nasjonale lesesatsinga Tid for lesing. Med denne satsinga vil regjeringa styrke kvaliteten på arbeidet med leseopplæringa i skulen. Satsinga skal bidra til kompetanseutvikling og gi råd til og inspirasjon i arbeidet med å betre alle leseferdigheitene og leselysta til elevane. Regjeringa foreslår å auke løyvinga til lesesenteret til 18 mill. kroner i 2025 for å vidareutvikle den nasjonale lesesatsinga. Senteret skal utvikle støtteressursar, materiell og faglege råd. Dette må sjåast i samanheng med forslaget om å auke grunnløyvinga til mellom anna lesesenteret med 5 mill. kroner.
Regjeringa vil òg bidra til leselyst ved å styrke skulebiblioteka. Tilskotet skal medverke til at skulebiblioteka kan vere ein arena for leseglede for alle elevgrupper og i alle fag. Departementet foreslår å vidareføre auken i løyvinga til skulebibliotek som Stortinget vedtok i revidert budsjett for 2024, slik at tilskotsordninga samla er på 50 mill. kroner i 2025. Med dette forslaget er løyvinga til tilskotsordninga auka med 35,5 mill. kroner samanlikna med nivået i 2021. Regjeringa vil halde fram med å rette ein særleg innsats mot skulebibliotek i levekårsutsette område, og delar av auken er grunngiven med dette.
Styrking av skrivesenteret
Satsinga på lesing omfattar også ei satsing på skriving, men det er samstundes eit behov for å styrke skriveopplæringa i skulen særskilt. Bruk av ny teknologi kan både utfordre og gi nye moglegheiter til korleis skriveopplæringa kan føregå. Skrivesenteret skal mellom anna bidra til å styrke kvaliteten på skriveopplæringa og til at skular får meir kunnskap om skriving som grunnleggande ferdigheit i alle fag. Senteret skal utvikle forskingsbaserte støtteressursar for lærarar og gi råd om korleis skulane og lærarane kan jobbe praktisk og variert med skriveopplæringa i ulike fag. Støtteressursane skal bidra til skrivestimulering og skriveglede i skulen og til at elevane opplever skriveopplæringa som meiningsfull og relevant. Departementet foreslår derfor òg å auke grunnløyvinga til skrivesenteret med 5 mill. kroner.
Styrking av kompetansen til elevane i realfag og personleg økonomi
Betring av Noregs konkurranseevne, oppfølging av berekraftsmåla og omstilling gjennom det grøne skiftet krev at befolkninga har solide kunnskapar innanfor realfag. Samstundes krev eit samfunn i stadig teknologisk utvikling at alle har eit minimumsnivå av matematisk og naturvitskapleg innsikt for å kunne delta. I tillegg treng alle grunnleggande kunnskap om personleg økonomi for å klare seg i livet. Betalingsproblem og forbruksgjeld i Noreg aukar, og det er grunn til bekymring at mange norske elevar presterer på dei lågaste nivåa når det gjeld realfagkompetanse og kunnskap om personleg økonomi.
PISA 2022 viste ein tydeleg nedgang i kompetansen i matematikk og naturfag blant norske elevar på 10. trinn. Aldri før har prestasjonane i PISA vore på eit lågare nivå i matematikk, og nesten tre av ti elevar er no på eit kritisk lågt nivå. Regjeringa vil snu den negative utviklinga og har som ambisjon at skulen skal bli meir praktisk, variert og relevant for at elevane skal bli meir motiverte og lære meir og betre, og at elevane skal oppleve læringa som meiningsfylt. Motivasjonen for matematikk og naturfag blant norske elevar blir sterkt svekt frå mellomtrinnet og særleg etter overgangen til ungdomstrinnet. Utforskande undervisningsformer som legg vekt på elevaktiv læring, har eit stort potensial for å motivere elevane. I dei nye læreplanane (LK20) er det gode moglegheiter for å nærme seg det faglege innhaldet på ein praktisk, variert og utforskande måte. Evalueringar av fagfornyinga viser at læreplanane er blitt tekne godt imot, men mykje tyder på at lærarane og skulane treng meir tid og støtte til å ta læreplanane i bruk og realisere intensjonane med fagfornyinga.
Regjeringa har i meldinga om 5.–10. trinn foreslått tiltak for å støtte skulane i å ta dei nye læreplanane i bruk og legg dermed til rette for meir praktisk, variert og relevant opplæring i matematikk og naturfag. Regjeringa foreslår å styrke realfagsopplæringa i grunnskulen med ei nasjonal satsing på matematikk og naturfag med høvesvis 15 mill. kroner og 10 mill. kroner. Pengane skal mellom anna gå til å utvikle støtteressursar og verktøy i matematikk og naturfag som lærarane kan bruke for å utvikle eiga undervisning i tråd med dei nye læreplanane. Det skal også byggast eit nettverk for matematikklærarar og eit nettverk for lærarutdannarar i naturfag. Departementet foreslår 2 mill. kroner for å halde fram program for lærarutdannarar i både matematikk og naturfag. Dette må sjåast i samanheng med forslaget om å auke grunnløyvinga til matematikksenteret og naturfagsenteret med høvevis 5 mill. kroner til hvert senter.
Betre balanse mellom bok og skjerm i skulen
Dagens barn og unge møter digitalisering og ny teknologi på alle arenaer. Det gir moglegheiter, men også utfordringar som det trengs meir kunnskap om. Regjeringa er oppteken av ei relevant, kunnskapsbasert og ansvarleg tilnærming til bruk av digitale løysingar i barnehagar og skular, i tråd med rammeplanane for barnehagen og SFO og læreplanverket for grunnopplæringa. Det er behov for meir kunnskap om konsekvensane av skjermbruk og kva det gjer med læring, merksemd og ferdigheiter. Regjeringa har derfor sett ned eit offentleg utval som skal summere opp kunnskapsgrunnlaget knytt til kva konsekvensar skjermbruken til barn og unge har for psykisk og fysisk helse, læring, oppvekst og livskvalitet, og foreslå tiltak. Utvalet har levert to temanotat i november 2023, eitt om konsekvensar av skjerm i skulen og eitt om konsekvensar av skjermbruk for dei yngste barna. Utvalet skal levere hovudinnstillinga i november 2024.
Innsats for eit trygt og godt skulemiljø
Barn og unge skal ha eit trygt og godt skulemiljø, og krenkingar som mobbing, trakassering, diskriminering og vald på skulen og andre arenaer, skal førebyggast og takast raskt tak i. Kapittel 9 A i den førre opplæringslova er gjennomgått, og det er gjort endringar som skal bidra til å sikre rettstryggleiken til både elevar og lærarar på ein betre måte, sjå den nye opplæringslova kapittel 12.
Det er viktig at skulane fangar opp og tek tak i skulemiljøutfordringar på ein god måte så tidleg som mogleg. I tillegg til at dette er viktig for å fremje inkludering, god læring og trivsel, er det viktig for å førebygge at barn og unge søker tilhøyrsel i problematiske miljø. Kommunen har ansvar for at skulane er i stand til å handtere utfordringar i skulemiljøet. Samstundes står mange skular i komplekse utfordringar som det er krevjande å handtere åleine.
Regjeringa foreslår, som oppfølging av Meld. St. 34 (2023–2024) En mer praktisk skole – Bedre læring, motivasjon og trivsel på 5.–10. trinn og som del av regjeringas arbeid mot gjengkriminalitet, å løyve 45 mill. kroner til skulemiljøteam og 70 mill. kroner til beredskapsteam. Dagens tilskot til skulemiljøteam vil inngå i den nye ordninga, og satsinga gir samla sett ein auke på 100 mill. kroner i 2025. Skulemiljøteama må organiserast med utgangspunkt i lokale ressursar og skal vere for kommunar som har skular med særleg behov for rask og tett oppfølging. Skulemiljøteama skal ikkje overta saker frå skulane, men støtte dei i arbeidet med å løyse utfordringar, i krevjande saksbehandling og med å styrke det førebyggande arbeidet. Satsinga skal bidra til at skular som har særlege utfordringar, får tett oppfølging slik at elevane opplever god læring og trivsel. Skulemiljøteama sitt arbeid er òg eit viktig bidrag inn i den breie innsatsen med å førebygge og hindre utanforskap, marginalisering og kriminalitet. Beredskapsteama skal vere ei støtte for ein meir målretta innsats mot ungdomskriminalitet og utrygge skulemiljø i kommunane med dei største utfordringane med barne- og ungdomskriminalitet. Forsking viser at svak tilhøyrsle til mellom anna skule er ei av dei viktigaste årsakene til gjengdeltaking. Den viktigaste førebygginga mot kriminalitet er å gjennomføre skulegangen. Det gir moglegheiter til å få seg jobb eller ta vidare utdanning.
Reglane for skulemiljø inkluderer handhevingsordninga, som gir elevar og foreldre høve til enkelt å melde saker til statsforvaltaren dersom skulen ikkje oppfyller aktivitetsplikta. Statsforvaltarane opplever framleis veksande saksmengd. I 2023 blei det meldt 2 451 saker, mot 1 740 i 2022. Dette påverkar kapasiteten i embeta. I 2023 var gjennomsnittleg saksbehandlingstid 76,5 dagar i saker der aktivitetsplikta var broten, medan behandlingstida i saker der aktivitetsplikta ikkje var broten, var på 45,2 dagar. Samstundes er det eit stort spenn i saksbehandlingstida mellom embeta, frå 34 dagar til 142 dagar. Saksbehandlingstida i årsrapporten for 2023 og tidlegare årsrapportar er ikkje heilt samanliknbare. Gjennomsnittleg saksbehandlingstid i 2022 var 71 dagar. Det er viktig å følge utviklinga nøye framover.
Som foreslått i meldinga om 5.–10. trinn, vil regjeringa legge fram ein strategi for betre barnehage- og skulemiljø. Målet er å gi tilsette og leiarar i barnehage og skule betre støtte til å bygge trygge og gode miljø, oppdage og stoppe mobbing og andre krenkingar og til å gjere dei ulike tiltaka meir kjende. Utdanningsdirektoratet har fått i oppdrag å skaffe meir kunnskap om kva som kan forklare den negative utviklinga i korleis elevane opplever skulemiljøet, og om det er skilnader mellom ulike grupper av elevar.
Det er fleire ulike nasjonale kompetansetiltak som skal gi barnehagar, skular og eigarar støtte til å bygge trygge og gode miljø og til å førebygge, avdekke og handtere krenkingar som trakassering, diskriminering eller mobbing. Til dømes finst rettleiingstilbodet Læringsmiljøprosjektet, ulike nettbaserte tilbod, vidareutdanning for skuleleiarar og tilskotsordning for lokal kompetanseutvikling.
Ein gjennomgang av dei nasjonale tiltaka som finst, viser i hovudsak at dei er godt eigna til å møte utfordringane i skulemiljøet. Men sjølv om tiltaka i hovudsak både er mykje brukte og godt likte i skulesektoren, har dei kome til på ulike tidspunkt, basert på ulike oppdrag og i ulike samanhengar. Dette har ført til at det samla sett finst mange gode tiltak, men for lite heilskap og samanheng mellom dei. I tillegg er ikkje tiltaka godt nok kjende i sektoren, og dei er vanskelege å finne fram i. Utdanningsdirektoratet vil derfor vidareutvikle, samordne og målrette dei digitale støtteressursane og gjere dei betre kjende i barnehagar og skular.
I meldinga om 5.–10. trinn har regjeringa òg lagt fram fleire forslag til tiltak som skal redusere skulefråværet. Tiltakspakka skal bidra til å støtte det lokale arbeidet med førebygging og oppfølging av fråvær. Det skal mellom anna utviklast betre nasjonal rettleiing og støtteressursar, og det skal gjerast eit tverrsektorielt arbeid for å betre samarbeidet mellom skulen og andre velferdstenester i handteringa av fråværssaker. For å få betre informasjon om fråværet i skulen, vil regjeringa også få på plass eit system som gir nasjonal oversikt over fråvær på alle trinn i skulen.
Departementet tek utfordringane med fysisk utagering, vald og truslar i skulen svært alvorleg. Det er arbeidsmiljølova som regulerer arbeidsmiljøet til dei tilsette i skulen, medan det er opplæringslova og privatskulelova som skal sikre at alle elevar har eit trygt og godt skulemiljø. Den nye opplæringslova og privatskulelova inneheld reglar som avklarer at tilsette på visse vilkår kan gripe inn fysisk mot elevar for å avverje skade på personar og eigedom, i tillegg til reglar om førebygging, dokumentasjon og meldeplikt, jf. Lov 14. juni 2024 nr. 36 om endringer i opplæringslova og privatskolelova (kompetansekrav, faglig ansvar og bruk av fysisk inngripen for å avverge skade m.m.) og Prop. 62 L (2023–2024). Reglane tok til å gjelde 1. august 2024. I juni 2024 sende departementet på høyring eit forslag om at tilsette også skal kunne gripe inn mot elevar som krenkar ein person psykisk eller vesentleg forstyrrar opplæringa til andre elevar.
For omtale av oppmodingsvedtak nr. 625 (2022–2023) om årleg å rapportere om statistikk og utviklinga når det gjeld vald og truslar i norsk skule, sjå del I, kap. 3 Oppfølging av oppmodingsvedtak.
Eit nytt kvalitetsutviklingssystem
Dagens kvalitetsvurderingssystem består av ulike prøvar, verktøy og datakjelder som er innførte på ulike tidspunkt og med ulike grunngivingar og formål. Regjeringa vil vidareutvikle kvalitetsvurderingssystemet til eit system som legg vekt på utvikling av fagleg og pedagogisk kvalitet, og som ikkje medverkar til detaljstyring og omfattande krav om rapportering og dokumentasjon. Som varsla i Hurdalsplattforma sette regjeringa i 2022 ned eit partssamansett utval som skulle kartlegge og gjennomgå kva behov lærarar, skuleleiarar, skuleeigarar og nasjonale styresmakter har for verktøy, prøvar og datakjelder til kvalitetsutvikling. Tilrådingane til Kvalitetsutviklingsutvalgets i NOU 2023: 27 Et nytt system for kvalitetsutvikling – for elevenes læring og trivsel er følgd opp i Meld. St. 34 (2023–2024) En mer praktisk skole – Bedre læring, motivasjon og trivsel på 5.–10. trinn. Her foreslår regjeringa å utvikle eit nytt kvalitetsutviklingssystem for skulen. Det skal mellom anna utviklast nye prøvar med læringsstøttande formål og ei ny skulemiljøundersøking. Dei nye prøvane skal erstatte dagens nasjonale prøvar. Departementet tek sikte på å utvikle nye prøvar i lesing, matematikk og engelsk på 5. og 8. trinn. Dagens nasjonale prøvar blir ikkje avvikla før nye prøvar er klare. Som ein del av utviklinga av nye prøvar, skal det også vurderast om og korleis eksamen på 10. trinn kan gi meir standardisert informasjon om utviklinga i læringsresultata for elevane over tid enn i dag. Ny skulemiljøundersøking skal erstatte dagens elevundersøking.
Elevvurdering er ein viktig del av og kjelde til kvalitetsutvikling i skulen. Kva vurderingsformer som blir brukte undervegs i opplæringa og som sluttvurdering, påverkar undervisninga. I meldinga varslar regjeringa at ho både vil stimulere til å ta i bruk vurderingsformer som fremjar praktisk læring, og å prøve ut alternative og praktiske eksamensformer, som eksamen i praktiske og estetiske fag.
Ei skulefritidsordning der alle barn får delta
SFO er ein viktig arena for inkludering. Tilbodet kan bidra til sosial utjamning ved å gi alle barn tilgang til ein felles arena for leik og kultur- og fritidsaktivitetar. Det er elevar som ikkje deltek i SFO på grunn av familieøkonomien, og regjeringa vil at alle barn skal ha høve til å delta i SFO. Tilbod om 12 timar gratis SFO per veke er innført for alle elevar på 1. trinn (hausten 2022), 2. trinn (hausten 2023) og 3. trinn (hausten 2024). Desse tiltaka er forskriftsfesta og blir vidareførte i 2025. Etter innføringa av 12 timar gratis SFO er det rekordhøg deltaking. Fleire enn ni av ti første- og andreklassingar går no på SFO.
Eit hovudfunn i rapporten Innføring av rammeplan i SFO – sluttrapport frå evalueringa av de første årene med rammeplan frå NTNU Samfunnsforsking er at leiarane framleis er positive til arbeidet med rammeplanen og kva planen kan gjere med SFO, medan dei tilsette har noko mindre merksemd på rammeplanen no samanlikna med den første perioden etter innføringa. Det er færre som seier at dei kjenner rammeplanen godt, og også færre tilsette som meiner at rammeplanen fører til endringar i deira SFO. Dei tilsette seier at manglande ressursar og tid til å arbeide med rammeplanen er til hinder for arbeidet.
Med fleire barn i ordninga blir det viktig å halde oppe merksemda på kvaliteten i SFO-tilbodet. Barna skal ha det godt medan dei er i SFO, dei skal få leike og oppleve omsorg, læring og vennskap. Evalueringa av innføringa av rammeplanen peikar mellom anna på at kvaliteten på SFO-tilbodet blir utfordra som følge av fleire barn og færre ressursar. Regjeringa vil styrke kvaliteten på SFO-tilbodet, og departementet foreslår å vidareføre løyvinga på 10 mill. kroner til tiltak for kompetanse og kvalitet i SFO.
SSB publiserte i desember 2023 Barnetilsynsundersøkelsen 2023. Dette er ei omfattande spørjing til foreldre med barn i alderen 1–9 år, og rapporten er eit viktig supplement til den årlege statistikken frå Grunnskolens Informasjonssystem (GSI). Funna viser at skilnader i deltaking i SFO etter sosioøkonomisk status er jamna ut sidan 2010. Det har vore ein betydeleg auke i bruken av SFO blant barn i låginntektsfamiliar, barn med foreldre utanfor arbeidslivet, barn av foreldre med grunnskule som høgaste utdanningsnivå og barn med foreldre som er fødde utanfor Noreg. Resultata frå undersøkinga gir verdifull kunnskap for arbeidet i departementet i tida framover, mellom anna i oppfølginga av ekspertgruppa for barn i fattige familiar og arbeidet med meldinga om sosial mobilitet og sosial utjamning.
Stortinget gjorde i samband med revidert nasjonalbudsjett 2024 eit oppmodingsvedtak om å kartlegge bemanningssituasjonen og andre tilhøve i SFO og identifisere relevante tiltak. Departementet vil følge opp vedtaket, jf. også omtale under vedtak nr. 906, 21. juni 2024 i del I, kap. 3 Oppfølging av oppmodingsvedtak.
Ein god skulestart – evaluering av seksårsreforma
Regjeringa er oppteken av at dei yngste elevane skal ha ein god skulestart og ein god skulekvardag. Skulen skal legge til rette for at elevane får best mogleg utbyte av den ordinære opplæringa, og opplæringa skal tilpassast alder, modning og føresetnadane til elevane. Særleg for dei yngste barna i skulen er leik nødvendig for trivsel og utvikling. Dei nye læreplanane legg derfor vekt på at leiken skal ha ein særleg tydeleg plass dei første skuleåra. Undring og utforsking er òg viktig gjennom heile opplæringa.
OsloMet har evaluert seksårsreforma. I juni 2024 leverte dei sluttrapporten Klasserommets praksisformer 20 år etter. En evaluering av seksårsreformen. OsloMet har tidlegare levert ei samanstilling av relevant forsking om seksåringane i skulen, ein kvantitativ rapport som gir eit bilde av klasserommet i 2021 samanlikna med 2001, og ein kvalitativ rapport som basert på intervju og observasjonar gir eit blikk inn i førsteklasserommet. Oppdraget er eit svar på Innst. 317 S (2017–2018) om å evaluere seksårsreforma.
Rapporten viser at førsteklasseromma er prega av elevaktive arbeidsformer, læring gjennom leikinspirerte aktivitetar, hyppige pausar og vekt på den sosiale og motoriske utviklinga til elevane gjennom leik. Med læreplanane i LK20 har leik igjen vorte meir tydeleg i læreplanverket. Forskarane peikar på at leiken burde hatt ein større plass i skulen enn det dei finn i studien, men understrekar samstundes at dei gjorde observasjonane sine kort tid etter at fagfornyinga vart innført. Framover meiner dei det er viktig å sjå og utvikle dei moglegheitene som ligg i læreplanverket, og at også lærarutdanningane bidreg med å utvikle nødvendig kompetanse.
Forskarane observerer mykje god vaksen–barn-relasjon og ser at førsteklasseromma er prega av dialog og elevmedverknad. Undervisninga er meir fagorientert enn i 2001, men læringsaktivitetane i dagens klasserom synest å kome mangfaldet av barn til gode.
Førsteklassingane som er intervjua, er positive til å begynne på skulen, og dei fleste vil heller gå på skulen enn i barnehagen. Dei fortel at skulestarten har vore gøy og spennande, og at det er morosamt å lære. Bokstavinnlæringa startar tidleg i 1. klasse, og det blir brukt mykje tid på ho. Dei aller fleste førsteklassingane uttrykker at dei er motiverte for å lære bokstavar. Forskarane observerer i liten grad at dei vaksne les høgt for elevane, noko forskarane påpeikar er urovekkande mellom anna med tanke på utviklinga av lesemotivasjon hos elevane og dei framtidige leseresultata. Tal og talforståing er det mest sentrale temaet i matematikkundervisninga i 1. klasse. Arbeidsformene er varierte med leikinspirerte aktivitetar, rørsle, samarbeid og arbeid ved eigen pult.
Dei fleste lærarar rapporterer at dei har uteskule minst éin gong i veka. I uteskulen leikar elevane fritt, utforskar naturen, eksperimenterer og gjer praktiske oppgåver i faga. Alle lærarane som vart intervjua, understreka at dei synest leik er viktig, og ønskte meir tid til leik i 1. klasse. Skuleeigarane og skuleleiarane gir også uttrykk for at dei er opptekne av leik i skulen, spesielt for dei yngste barna.
Regjeringa vil sjå på tilrådingane i rapporten og vurdere eventuelle tiltak.
Strategi for digital kompetanse og infrastruktur i barnehage og skule
Regjeringa er oppteken av ei relevant, kunnskapsbasert og ansvarleg tilnærming til bruk av digitale løysingar i barnehagar og skular, i tråd med rammeplanane for barnehagen og SFO, og i læreplanverket for grunnopplæringa.
Kunnskapsdepartementet la våren 2023 fram Strategi for digital kompetanse og infrastruktur i barnehage og skule 2023–2030. Strategien er laga saman med KS og vil styrke felles forståing og effektiv ansvarsdeling mellom statleg og kommunalt nivå, i tillegg til å gi eit betre kunnskapsgrunnlag om digitalisering. Blant sentrale tiltak er å etablere felles støttetenester for skuleeigarane. Utdanningsdirektoratet skal legge fram ei utgreiing i desember 2024 om korleis ein best kan lage ei eller fleire felles støttetenester til kommunane for personvern, informasjonstryggleik og universell utforming av digitale læremiddel. Sjå nærare omtale under vedtak nr. 578 (2023–2024) i del I, kap. 3 Oppfølging av oppmodingsvedtak.
Eit anna tiltak omfattar å utvikle dei digitale fellesløysingane i skulesektoren, mellom anna tenestekatalog, standardisering av digitale læremiddel og ressursar og deling av data. Vidare er det i august 2024 starta opp eit forskingsprogram for målretta forsking på digitalisering og utvikling av digital kompetanse i barnehage og skule.
Regjeringa er oppteken av at digitale læremiddel, verktøy og einingar skal nyttast på ein trygg og forsvarleg måte for å fremje læringa til elevane. Utdanningsdirektoratet har publisert nye råd, tilrådingar og kompetansepakkar til kommunar og skular om mellom anna bruk av kunstig intelligens (KI). Rettleiinga om bruk av kunstig intelligens i skulen er også teken inn i andre tematiske kompetansepakkar frå direktoratet, og det er oppretta ei samleside om KI på Utdanningsdirektoratets nettside.
Våren 2024 kom Utdanningsdirektoratet med ei tydeleg tilråding om å forby mobiltelefonar i skuletida, og mange kommunar følger opp dette lokalt. Regjeringa vil følge utviklinga og om nødvendig foreslå sterkare regulering.
Det er ei stor utfordring at barn og unge altfor lett kan møte uønskt og skadeleg innhald på digitale einingar. Regjeringa har ei forventning om at kommunar, fylkeskommunar og private barnehage- og skuleeigarar set i verk tiltak for å beskytte barn mot eksponering av uønskt og skadeleg innhald og for å handtere potensielt skadelege hendingar. Utdanningsdirektoratet har utvikla rettleiaren Hvordan beskytte barn mot skadelig innhold på nett?, som blir oppdatert hausten 2024. Sjå meir omtale under vedtak nr. 579 (2023–2024) i del I, kap. 3 Oppfølging av oppmodingsvedtak.
Departementet foreslår å vidareføre løyvinga på 85 mill. kroner til å følge opp strategien for digital kompetanse og infrastruktur i barnehage og skule. Sjå nærare omtale under kap. 226, post 21 og kap. 220, post 70.
Ekspertgruppa som har vurdert bruk av læringsanalyse i grunnopplæringa, høgare yrkesfagleg utdanning og høgare utdanning, leverte NOU 2023: 19 Læring, hvor ble det av deg i alt mylderet? Bruk av elev- og studentdata for å fremme læring i juli 2023. Rapporten var på høyring hausten 2023. Departementet vil sjå oppfølginga av rapporten og høyringa i samanheng med Strategi for digital kompetanse og infrastruktur i barnehage og skole og med oppfølginga av NOU 2022: 11, som blei lagd fram av Personvernkommisjonen.
Regjeringa bestemte i 2022 at ung.no skal vere statens primære tverrsektorielle kanal for digital informasjon, dialog og digitale tenester til barn og unge. Realiseringa skjer gjennom DigiUng-samarbeidet. Det er i 2024 etablert ein felles drifts-, finansierings- og forvaltningsmodell for arbeidet, og det er gitt felles styringssignal til relevante verksemder om deltaking. Sjå meir omtale i Prop. 1 S (2024–2025) for Barne- og familiedepartementet.
Sosial utjamning og inkluderande fellesskap for ei mangfaldig elevgruppe
Ein del barn og unge har eit vanskelegare utgangspunkt enn andre
Den økonomiske ulikskapen i samfunnet er aukande, krava til formell kompetanse i arbeidslivet blir større og behovet for arbeidskraft aukar i takt med at Noreg går inn i ei tid med fleire eldre og færre yrkesaktive. Utdanning medverkar til høgare deltaking i samfunns- og arbeidslivet og er derfor ein nøkkel til å løyse utfordringane samfunnet står framfor. Den norske fellesskulen rommar ei mangfaldig elevgruppe og skal gi alle elevar god opplæring same kva sosial bakgrunn dei har. Utdanningsløpet skal gi større moglegheiter for den einskilde og mindre skilnader i samfunnet. Likevel er det for mange som av ulike årsaker ikkje får godt nok utbyte av opplæringa. Sosioøkonomisk bakgrunn har i dag mykje å seie for skuleprestasjonar.
Ifølge SSB fullfører 82,2 pst. av alle som begynner på vidaregåande opplæring, høvesvis innan fem år etter at dei starta på studieførebuande, og innan seks år etter at dei starta på yrkesfag. Det er om lag 10 prosenteiningar høgare enn for ti år sidan. Det er særleg sterk samanheng mellom resultat i grunnskulen og det å fullføre vidaregåande opplæring. Fullføringa har dei siste åra auka mest blant innvandrarar, elevar med foreldre som har lite utdanning, og elevar med svake karakterar frå grunnskulen. Det er likevel framleis store sosiale skilnader.
Det er stor variasjon i korleis elevar med innvandrarbakgrunn gjer det på skulen. Sosial bakgrunn og manglande norskferdigheiter er to viktige forklaringar på at ein del elevar med innvandrarbakgrunn ikkje presterer på nivå med andre elevar. Det er særleg elevar som sjølve har innvandra til Noreg og har kort butid i landet, som har utfordringar med norskferdigheiter og skuleresultata. Sjå statistikk om læringsresultat i del III, kap. 6 Nøkkeltal for grunnopplæringa.
Elevar med anna morsmål enn norsk og samisk har rett til særskild språkopplæring ved behov. Retten til særskild språkopplæring gjeld fram til eleven kan norsk godt nok til å følge den vanlege opplæringa, jf. opplæringslova §§ 3-6 og 6-5. Ulike kjelder viser at elevane ikkje alltid får denne opplæringa som dei treng og har rett til.
Elevar med behov for tilrettelegging får ikkje alltid den støtta dei har rett på
Tidlegare innsats krev eit sterkare lag rundt barna og elevane med kompetanse til å oppdage ulike utfordringar og til å legge til rette det pedagogiske tilbodet.
Ifølge den nye opplæringslova § 11-1 skal opplæringa vere tilpassa, slik at elevane kan få eit tilfredsstillande utbyte av opplæringa uavhengig av føresetnader, og at alle skal få utnytta evnene sine. Elevar har rett på individuell tilrettelegging dersom dei treng dette for å kunne delta i opplæringa og få tilfredsstillande utbyte av ho. I den nye opplæringslova er det tidlegare omgrepet spesialundervisning erstatta av samleomgrepet individuell tilrettelegging og skilt ut i tre ulike rettar, nemleg individuelt tilrettelagd opplæring (§ 11-6), personleg assistanse (§ 11-4) og fysisk tilrettelegging og tekniske hjelpemiddel (§ 11-5). I skuleåret 2023–24 fekk 8 pst. av elevane spesialundervisning. Det er omkring tre gongar så mange elevar som får spesialundervisning på 10. trinn som på 1. trinn.
Mange elevar får ikkje tilpassa og inkluderande opplæring i samsvar med det regelverket tilseier. Fleire elevar med behov for tilrettelegging blir oppdaga for seint, og opplæringa er ikkje alltid tilpassa dei føresetnadene og behova som elevane har, jf. mellom anna Innst. 188 S (2019–2020), Meld. St. 6 (2019–2020) Tett på – tidlig innsats og inkluderende fellesskap i barnehage, skole og SFO og rapporten frå ekspertutvalet for barn og unge med behov for særskild tilrettelegging (Nordahl-rapporten) frå 2018.
Utfordringar i kvardagen når det gjeld koordinering av tenester
Det er stor variasjon mellom kommunar i korleis dei organiserer tverrfagleg samarbeid mellom tenestene. Fleire offentlege utgreiingar, tilsyn og forsking viser at dei ulike velferdstenestene ikkje samarbeider godt nok i mange saker, og at barn og unge ikkje får den oppfølginga dei har behov for. Kompleksiteten utfordrar systema i ein sektorvis velferdsstat der dei ulike tenestene først og fremst ser og fangar opp den delen dei sjølve er ansvarlege for. Utfordringane blir derfor særleg tydelege i grenseflatene mellom tenestene – som når ingen opplever at dei har eit tydeleg ansvar.
Innsats for sosial utjamning og inkluderande fellesskap for alle
Stortingsmelding om sosial mobilitet og sosial utjamning
Regjeringa har allereie gjort mykje for å dempe forskjellane i samfunnet, mellom anna ved å styrke det universelle tenestetilbodet for barn og unge, som vesentleg rimelegare barnehage, gratis kjernetid i SFO til og med 3. trinn og auka barnetrygd.
Regjeringa tek sikte på å legge fram ei stortingsmelding om sosial mobilitet og sosial utjamning for barn og unge og familiane deira i 2025. Meldinga er eit samarbeid mellom Arbeids- og inkluderingsdepartementet, Barne- og familiedepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet, Kultur- og likestillingsdepartementet og Kunnskapsdepartementet. I 2023 og 2024 har det vore gjennomført ein brei innspelsprosess med samlingar fleire stadar rundt om i landet. Meldinga omfattar også oppfølginga av rapportane frå ekspertgruppa for barn i fattige familiar og ekspertgruppa som har sett på kor mykje barnehage, skule og SFO har å seie for sosial utjamning og sosial mobilitet.
Arbeidet med stortingsmeldinga vil mellom anna bli sett i samanheng med arbeidet med samfunnsoppdrag som blei lansert i Langtidsplanen for forsking og høgare utdanning 2023–2032, og som har som mål å inkludere fleire barn og unge i utdanning og arbeids- og samfunnsliv gjennom ein målretta innsats på tvers av sektorar. For meir omtale, sjå Prop. 1 S (2024–2025) for Barne- og familiedepartementet.
Støtte til nykomne barn og unge
Nykomne elevar som skal både starte på skule i eit nytt land og lære seg norsk på kort tid, har ei særskild utfordring i skulen. Nokre må ta igjen tapt skulegang. Elevane kan òg ha andre typar utfordringar, som traume etter krig og tid på flukt.
Nordisk institutt for studier av innovasjon, forskning og utdanning (NIFU) fekk i oppdrag å gjennomføre eit djupstudium for å styrke kunnskapsgrunnlaget om opplæringstilbodet for nykomne elevar. Dei la fram delrapporten Norskinnlæring, faglig utvikling og nye venner – er det mulig på samme tid? i januar 2023 og sluttrapporten Vilkår for inkluderende opplæring. Sluttrapport fra prosjektet Forskning på opplæringstilbud til nyankomne elever i juni 2024. NIFU peikar på faktorar som ser ut til å fremje god pedagogisk praksis og inkludering på tvers av modellar, og kjem med tilrådingar til skular, skuleeigarar og nasjonale myndigheiter. Kunnskapsdepartementet vil gjennomgå rapporten og vurdere vidare oppfølging.
Både Utdanningsdirektoratet og Nasjonalt senter for fleirkulturell opplæring (NAFO) har ulike tiltak for å gjere opplæringa betre for minoritetsspråklege elevar, inkludert nykomne elevar.
Russlands åtak på Ukraina våren 2022 har ført til at Noreg har motteke mange fordrivne. Tal frå Utlendingsdirektoratet viser at per 31. juli 2024 har om lag 82 000 ukrainarar søkt om asyl, inkludert 25 000 barn. Kommunane har gjort ein stor innsats for å ta imot det store talet fordrivne barn og unge. Tilbakemeldingar frå kommunane tyder på at om lag halvparten av ukrainske barn i alderen 0–6 år gjekk i barnehage per 1. desember 2023, og at nesten alle ukrainske barn i grunnskulealderen har eit skuletilbod som dei bruker. Dei største utfordringane til kommunane er tilgang på personell og personell med riktig kompetanse. I 2022, 2023 og 2024 vart det sett i gang ei rekke nasjonale tiltak for å støtte barnehage- og skuleeigarar i arbeidet med å gi eit godt barnehage- og skuletilbod til nykomne barn og unge, mellom anna gjennom utvikling av pedagogiske ressursar for barnehage og læringsressursar på ukrainsk og russisk, digitale ressursar og kompetansetiltak. Sjå nærare omtale av konkrete tiltak knytt til betre bemanning og høgare kompetanse i barnehage og skule for å kunne ta hand om nykomne barn og unge under kap. 226.
Områdesatsingar i levekårsutsette område
I Meld. St. 28 (2022–2023) Gode bysamfunn med små skilnader, som bygger på NOU 2020: 16 Levekår i byer, peikar regjeringa på at det å bu i utsette område kan ha negative konsekvensar for utdanninga til barna, det kan påverke resultata i opplæringa og i kva grad elevane gjennomfører vidaregåande opplæring. For omtale av oppfølginga av denne meldinga, sjå Prop. 1 S (2024–2025) for Kommunal- og distriktsdepartementet.
Kunnskapsdepartementet deltek i områdesatsinga i Groruddalen for 2017–2026 og i Oslo sør for 2018–2026. Det er årleg blitt løyvd midlar til programområdet Oppvekst og utdanning for å prøve ut ulike ordningar i barnehage, grunnskule og vidaregåande opplæring som på sikt kan inngå i ordinær verksemd og medverke til å hindre fråfallet i vidaregåande opplæring. Sjå også Prop. 1 S (2024–2025) for Kommunal- og distriktsdepartementet.
I samsvar med Hurdalsplattforma vil regjeringa forsterke og utvide områdesatsingane i dei store byane, dette som eit ledd i å utjamne skilnader i levekår, sikre sosial mobilitet og førebygge barnefattigdom. For 2025 foreslår departementet å vidareføre tilskotet til auka bemanning på skular i levekårsutsette område, jf. omtalen under kap. 226, post 21. For omtale av tilskot til barnehagar i levekårsutsette område, sjå programkategori 07.30 Barnehagar og den nye øyremerkte tilskotsordninga under kap. 231, post 61.
Styrking av det tverrfaglege samarbeidet mellom offentlege tenester
Det er eit overordna samfunnsmål at utsette barn og unge får nødvendig hjelp og oppfølging uavhengig av kva teneste eller forvaltningsnivå som er ansvarleg for å følge opp. Regjeringa ønsker å styrke det universelle velferdstilbodet for barn og unge gjennom å prioritere velferdstenester som omfattar alle barn, og har derfor sett i gang fleire tverrdepartementale prosessar for å sikre at alle barn og unge får ein trygg og god oppvekst.
Kjernegrupper er ei organisering og ei arbeidsform for departementa med mål om å skape tverrdepartementale system for betre samarbeid på særleg utfordrande samfunnsområde. Det er oppretta ei kjernegruppe for utsette barn og unge (KUBU) der Kunnskapsdepartementet deltek saman med Arbeids- og inkluderingsdepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet, Justis- og beredskapsdepartementet, Kommunal- og distriktsdepartementet, Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet, Kultur- og likestillingsdepartementet og Barne- og familiedepartementet, sistnemnde leiar arbeidet. Formålet er betre samordning av politikkutvikling og tenester til utsette barn og unge. KUBU blir vidareført i 2025 og har peika ut to hovudprioriterte fagområde som det skal jobbast særskilt med: psykisk helse og barne- og ungdomskriminalitet. Sjå meir omtale i Prop. 1 S (2024–2025) for Barne- og familiedepartementet.
I Hurdalsplattforma står det at regjeringa vil styrke laget rundt eleven og den tidlege tverrfaglege innsatsen med mellom anna barne- og ungdomsfagleg kompetanse, miljøterapeutar og styrkt skulehelseteneste. Regjeringa følger opp ambisjonen om å styrke laget rundt barna og elevane, sjå omtale i Meld. St. 34 (2023–2024) En mer praktisk skole – Bedre læring, motivasjon og trivsel på 5.–10. trinn og den komande meldinga om sosial mobilitet og sosial utjamning. Sjå også omtale i del I, kap. 3 av oppmodingsvedtak nr. 472 (2022–2023) om ein strategi for å styrke laget rundt læraren og eleven.
Som ei oppfølging av Hurdalsplattforma la Justis- og beredskapsdepartementet i desember 2023 fram Prop. 36 S (2023–2024) Opptrappingsplan mot vold og overgrep mot barn og vold i nære relasjoner (2024–2028) Trygghet for alle, jf. Innst. 259 S (2023–2024). Kunnskapsdepartementet har vore med i det tverrdepartementale samarbeidet om denne planen, og med dette er også Dokument 3:8 (2021–2022) Riksrevisjonens undersøkelse av myndighetenes innsats mot vold i nære relasjoner blitt følgt opp. I opptrappingsplanen står mellom anna dette:
Regjeringen vil bidra til at eiere av barnehager, skoler og SFO får god tilgang til pedagogiske ressurser for å øke kompetansen hos ansatte i barnehager, skoler og SFO på voldsfeltet, og dermed bedre kunne følge opp krav i rammeplanene for barnehagen og skolefritidsordningen og læreplanverket for grunnopplæringen. Tilgangen til ressurser skal ivaretas gjennom et oppdrag til Utdanningsdirektoratet om å opprette en digital inngangsport til aktuelle ressurser på voldsfeltet. Arbeidet skal skje i samarbeid med Helsedirektoratet, Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet og Integrerings- og mangfoldsdirektoratet.
Utdanningsdirektoratet vil etter planen få oppdraget hausten 2024.
Det har over tid vore ein auke i registrert kriminalitet blant barn og unge, og regjeringa vil styrke arbeidet mot barne- og ungdomskriminalitet. Tilskot til skulemiljøteam og beredskapsteam er viktige førebyggande tiltak som del av dette arbeidet, jf. omtale over. Tiltaka skal målrettast mot område med særleg store utfordringar. For meir omtale av arbeidet mot kriminalitet blant barn og unge, sjå Prop. 1 S (2024–2025) for Justis- og beredskapsdepartementet.
Betre lovverk og eit kompetanseløft i spesialpedagogikk
Regjeringa vil styrke den tidlege innsatsen i barnehage og skule. Alle barn og elevar skal bli fanga opp og følgde opp så tidleg som mogleg, slik at ein unngår at utfordringane blir større utover i utdanningsløpet. Ny opplæringslov som tok til å gjelde 1. august, inneheld fleire endringar og presiseringar som vil styrke tilbodet til barn med behov for særskild tilrettelegging.
Kompetanseløftet i spesialpedagogikk og inkluderande praksis er inne i det siste året med oppbygging og vil inngå i det heilskaplege systemet for kompetanse- og karriereutvikling. Over 300 kommunar deltok i ordninga i 2023 og utviklar lokale kompetansetiltak i samarbeid med universitet og høgskular. Departementet foreslår å løyve 165 mill. kroner til kompetanseløftet i 2025. Det er sett av ein eigen pott med midlar til vidareutdanning i spesialpedagogikk for lærarar i skulen også i 2025.
Det er også pilotar og forskingsoppdrag på feltet, og det er etablert eit forskingssenter for spesialpedagogisk forsking og inkludering (SpedAims) som skal bidra til å styrke kunnskapen på feltet, sjå omtale under programkategori 07.10 Administrasjon, kap. 201, post 21. Omtale av Statped finst under kap. 230 Statleg spesialpedagogisk teneste.
Kompetansen til dei tilsette i grunnopplæringa
Behov for å rekruttere, utdanne og behalde fleire kvalifiserte lærarar i heile landet
Det viktigaste for at barn og unge skal lære, føle meistring og trivst, er at dei møter kvalifiserte lærarar som har tid til å sjå den einskilde eleven. Opplæringslova stiller krav til kompetansen hos lærarane, men det er framleis undervisningspersonale som ikkje oppfyller krav for tilsetjing, eller som ikkje oppfyller krava til fagleg fordjuping i undervisningsfaga sine. Det er i dag kvalitetsskilnader i tilbodet til barn og elevar og ulik tilgang på kvalifisert kompetanse i barnehage og skule.
Kvar haust rapporterer skuleeigarar tal for planlagde lærartimar i Grunnskulens informasjonssystem (GSI). Rapporteringstidspunktet er 1. oktober. Rapporteringa viser ein auke i det samla talet for berekna årsverk til undervisning dei seinaste åra. Talet på undervisningspersonale som oppfyller kompetansekrava for tilsetjing, har auka, men dei siste åra har likevel prosentdelen tilsette som ikkje oppfyller kompetansekrava for tilsetjing, blitt litt høgare. For skuleåret 2023–24 rapporterte skuleeigarane at nærare 2 770 årsverk i grunnskulen ikkje oppfylte kompetansekrava for tilsetjing. Det er 4,9 pst. av det samla talet på årsverk til undervisning. Året før var prosentdelen om lag 4,4. Det er geografiske variasjonar i prosentdelen av undervisningspersonale som oppfyller kompetansekrava for tilsetjing.
Det er utfordringar med å rekruttere søkarar til lærarutdanningane. I år gjekk opptakstala ned ved alle lærarutdanningane og dei fleste institusjonane. Nasjonalt er det i år gitt 6,8 pst. færre tilbod om studieplass i lærarutdanningane. Totalt fekk 7 458 søkarar tilbod om studieplass ved ei lærarutdanning i år. Fleire universitet og høgskular har fått innvilga dispensasjon frå karakter- og poengkrava til dei femårige lærarutdanningane, men må setje inn tiltak som ivaretek dei same omsyna som karakterkrava er meint å sikre. Ved desse institusjonane har det vore høve til å søke lokalt opptak etter hovudopptaket. Fleire institusjonar melder om stor interesse frå søkarar. Dei endelege opptakstala for lærarutdanningane blir publiserte i Database for høgare utdanning.
Tidlegare framskrivingar frå SSB tydde på at med nedgang i befolkningsvekst og fødselstal ville lærarar med lærarutdanning i aukande grad kunne erstatte lærarar utan lærarutdanning fram mot 2040. Dette gjaldt for dei fleste typar lærarar. Framskrivingane var baserte på høgare søkartal til lærarutdanningane enn dei faktiske i 2024, og søkinga må opp på tidlegare nivå for at framskrivingane skal slå til.
Samiske barn og unge har rett til opplæring i og på samisk. Mangelen på samiskspråklege tilsette er den største utfordringa i arbeidet for å styrke og utvikle samisk språk og identitet i barnehage og skule, jf. Meld. St. 13 (2022–2023) Samisk språk, kultur og samfunnsliv og Innst. 473 S (2022–2023).
Tiltak for å rekruttere, utdanne og behalde fleire lærarar
Regjeringa vil møte lærarmangelen dei næraste åra med ei brei satsing på å rekruttere, utdanne og behalde fleire kvalifiserte lærarar. I februar 2024 la Kunnskapsdepartementet fram Flere lærere i barnehage og skole. Strategi for rekruttering til lærerutdanningene og læreryrket 2024–2030. Strategien er utvikla i samarbeid med Nasjonalt forum for lærarutdanning og profesjonsutvikling og har ei brei tilnærming med tiltak på både kort og lang sikt. Arbeidet skal sjåast i samanheng med eit nytt system for kompetanse- og karriereutvikling og Meld. St. 19 (2023–2024) Profesjonsnære utdanningar over heile landet.
Departementet finansierer ulike tiltak med mellom anna følgande formål:
auke talet på søkarar til lærarutdanningane
kvalifisere tilsette som ikkje har begynt på eller fullført lærarutdanninga
oppnå større studentmangfald og mangfald blant lærarane i barnehagen og skulen
Sjå nærare omtale av tiltaka under kap. 226 Kvalitetsutvikling i grunnopplæringa.
Regjeringa vil halde fram oppfølginga av meldinga om samisk språk, kultur og samfunnsliv, jf. omtalen under kap. 226, post 21, programkategori 07.60 Høgare utdanning og forsking, programkategori 07.80 Utdanningsstøtte og Prop. 1 S (2024–2025) for Kommunal- og distriktsdepartementet.
Eit nytt heilskapleg system for kompetanse- og karriereutvikling i barnehage og grunnopplæring
Regjeringa vil innføre eit nytt heilskapleg system for kompetanse- og karriereutvikling som skal fasast inn i 2025 og 2026.
Stortingsmeldinga om 5.–10. trinn, som regjeringa nyleg har lagt fram, legg vekt på å bygge sterke lag rundt elevane for å snu den negative utviklinga i trivsel, skulemiljø og læringsresultat. Å sørge for at alle tilsette i barnehagane og skulane kan delta i kompetanseutvikling blir viktig for å snu denne trenden og vil også bidra til å styrke arbeidet i fellesskap med lærarane.
Målet med det nye systemet er at alle barn og elevar skal få eit best mogleg grunnlag for læring, utvikling og trivsel i barnehagen og grunnopplæringa. Systemet skal bidra til å heve kvaliteten på tilbodet til barn og elevar, og sørge for at både lærarane og dei andre yrkesgruppene i barnehagane og skulane får betre føresetnader til å møte utfordringane dei står overfor i sektorane i dag.
Systemet skal gi alle lærarar og andre tilsette gode moglegheiter for kompetanseutvikling gjennom arbeidslivet. Det skal også bidra til å gjere læraryrket meir attraktivt, betre rekrutteringa og at fleire ønsker å bli verande i yrket.
Det er barnehage- og skuleeigarane som har ansvaret for at dei tilsette har rett og nødvendig kompetanse for å fylle krava i lov og regelverk. Staten støttar opp under dette ansvaret mellom anna gjennom dei unike ordningane for vidareutdanning, tilskotsordning for lokal kompetanseutvikling og rettleiing av nyutdanna lærarar som gjeld for barnehage og skule.
Dei statlege ordningane for etter- og vidareutdanning er i dag ikkje føreseielege nok, og satsinga bør vere betre tilpassa lokale behov. Samanhengen mellom satsingane på høvesvis etterutdanning og vidareutdanning bør bli betre, og det er eit potensial for å forenkle og brukarrette det samla tilbodet betre.
Det nye systemet skal inkludere leiarar, lærarar og tilsette i andre yrkesgrupper som er omfatta av lovverket for barnehage og grunnopplæring. Det heilskaplege systemet skal vere berekraftig over tid og ta høgde for kapasitetsutfordringane i barnehage og skule, i universitets- og høgskulesystemet og på fagskular. Systemet skal innrettast slik at det gir gode moglegheiter for å utvikle tiltaka ut frå lokale kompetansebehov, det skal vere langsiktig og føreseieleg, og det skal legge til rette for heilskap og samanheng mellom kompetansetiltaka. Regjeringa samarbeider tett med partane i utviklinga av det nye systemet. Det nye systemet inneheld fire hovudtiltak:
utvide målgruppene og forenkle ordningane for vidareutdanning
styrke rettleiing av nyutdanna lærarar i barnehage og skule
vidareutvikle tilskotsordningane til lokal kompetanseutvikling
utvikle karrierevegar/spesialiserte roller og funksjonar
Forslaga til utvalet for etter- og vidareutdanning i NOU 2022: 13 Med videre betydning og høyringa til denne har vore eit viktig utgangspunkt for arbeidet.
Departementet vil utarbeide ein nærare omtale og plan for det heilskaplege systemet, som vil bli gjort kjent for sektoren tidleg i 2025. Under følger ein omtale av dei ulike tiltaka i systemet.
Utvide målgruppene og forenkle ordningane for vidareutdanning
Sidan ordningane vart oppretta har over 75 000 lærarar i barnehage og grunnopplæring fått tilbod om vidareutdanning. Dette har lagt grunnlaget for fagleg utvikling for lærarane, og medverka til å gi barn og elevar betre utvikling og opplæring i tråd med framtidas behov.
Det er i dag mellom 7 000 og 8 000 lærarar i barnehage og skule som årleg får tilbod om vidareutdanning. Regjeringa vil opne for at fleire lærarar og tilsette i andre yrkesgrupper i barnehagane og grunnopplæringa får ta vidareutdanning med like vilkår. Den nye innretninga på vidareutdanningsordninga vil gjere det mogleg for eigarane å gi anslagsvis 2 000 fleire lærarar og tilsette i andre yrkesgrupper vidareutdanning i året.
I den nye innretning på vidareutdanningsordninga vil regjeringa erstatte dagens søknadsbaserte ordningar med ei ordning med øyremerkte tilskot der den statlege støtta blir fordelt relativt mellom kommunar, fylkeskommunar og private skular.
Departementet vil utforme retningslinjer for tilskotsordninga slik at midlane blir nytta i tråd med sentrale mål og prinsipp. For å sikre at fleire lærarar og andre yrkesgrupper deltek på vidareutdanning og at alle deltakarar får like vilkår for å gjennomføre vidareutdanning, vil departementet i retningslinjene foreslå at den tilsette får minimum 25 pst. permisjon med lønn/frigjort arbeidstid for å gjennomføre ei vidareutdanning på 30 studiepoeng. Skuleeigarane skal bidra med ein eigendel i ordninga på 25 pst. Val av løysing kva gjeld eigendel for barnehageeigarane vil bli sett i samanheng med arbeidet med nye reglar for styring og finansiering av barnehagesektoren, jf. omtale i programkategori 07.30 Barnehagar. I sum vil dei økonomiske konsekvensane for kommunane vere små. Den nye ordninga vil legge betre til rette for langsiktig og heilskapleg planlegging og til betre å treffe dei lokale kompetansebehova. Eigarane må utarbeide heilskaplege kompetanseplanar med prioritering av deltakarar og bruk av midlane. Dette må skje i dialog med dei tilsette og inngå i dei øvrige planane eigarane har for anna arbeid med kvalitets- og kompetanseutvikling. Det er frivilleg for barnehage- og skuleeigarane om dei vil ta imot tilskotet. Retningslinjene for tilskotsordninga vil bli forskriftsfesta og ta til å gjelde frå 2026.
Omlegginga vil frigjere midlar som regjeringa vil bruke til å styrke tilskotsordninga for rettleiing av nyutdanna lærarar og til å gi rom for at fleire lærarar og andre tilsette får delta i vidareutdanning. Regjeringa foreslår allereie frå hausten 2025 å utvide og styrke tilskotsordninga for rettleiing av nyutdanna lærarar, sjå omtale nedanfor og under kap. 226, post 61.
Regjeringa vil at ordningane skal bli meir brukarvenlege og fleksible, mindre byråkratiske og i større grad tilpassa lokale kompetansebehov. Departementet vil mellom anna avskaffe anbodskonkurransane og og heller tildele midlar direkte til utdanningsinstitusjonane for å utvikle og tilby vidareutdanning retta mot barnehagar og grunnopplæringa. Tildelinga vil vere øyremerkt og skje frå hausten 2025. Slik vil departementet legge betre til rette for at universiteta og høgskulane kan utvikle heilskaplege tilbod, og til at det blir betre samanheng mellom lærarutdanningane og vidareutdanning. Departementet vil følge med på utviklinga dei komande åra for å sikre at tilboda held høg kvalitet, og at dimensjoneringa er tilpassa behova i sektoren. Departementet vil òg oppmode til at det blir utvikla fleire kortare tilbod som er meir fleksible og enklare å kombinere med jobb, og som legg til rette for at ytterlegare fleire kan få ta vidareutdanning. Regjeringa vil òg legge til rette for at det blir utvikla fleire vidareutdanningstilbod ved fagskulane.
Leiarane i barnehagane og skulane er ikkje omfatta av den nye tilskotsordninga til kommunar, fylkeskommunar og private skular, som er omtala over. Kunnskapsdepartementet har motteke svar på oppdrag frå Utdanningsdirektoratet med forslag til vidareutvikling av utdanningane for leiarar i barnehage og skule. Departementet vil kome tilbake til innretninga for leiarutdanningane i den nærare omtalen av det heilskaplege systemet som vil bli gjort kjent for sektoren tidleg i 2025. I stortingsmeldinga om 5.–10. trinn er det også varsla at departementet vil setje i gang eit arbeid for å sjå nærare på arbeidssituasjonen til skuleleiarane og kome med forslag til korleis moglegheitene deira til å drive eit systematisk kvalitetsutviklingsarbeid kan styrkast.
Styrke rettleiinga av nyutdanna lærarar
God rettleiing av nyutdanna lærarar er nødvendig for å gi den einskilde ein god overgang frå utdanninga til yrket. Nyutdanna lærarar treng støtte til å meistre arbeidssituasjonen og til å vidareutvikle profesjonskompetansen sin. Samstundes er nyutdanna lærarar ein ressurs i det profesjonsfaglege fellesskapet og i utviklinga av barnehagen og skulen. Å styrke og utvikle rettleiing av nyutdanna lærarar er også eit viktig mål og tiltak i strategien for rekruttering til lærarutdanning og læraryrke som regjeringa og partane i arbeidslivet står saman om.
Regjeringa foreslår å utvide tilskotsordninga for rettleiing av nyutdanna lærarar i grunnskulen til også å gjelde nyutdanna lærarar i barnehage og vidaregåande skule frå hausten 2025, sjå omtale under kap. 226, post 61. Departementet vil arbeide saman med partane for å vidareutvikle Prinsipper og forpliktelser for veiledning av nyutdannede nytilsatte lærere i barnehage og skole.
Vidareutvikle tilskotsordningane til lokal kompetanseutvikling
Kompetanseutvikling der fleire kollegaer deltek saman på arbeidsplassen er eit godt og effektivt tiltak for å utvikle kvaliteten i barnehage og skule. Tilskotsordningane for lokal kompetanseutvikling, som i dag omfattar desentralisert- og regional ordning og kompetanseløftet, skal bidra til kollektiv kompetanseutvikling i barnehage og skule ut frå lokale behov. Tilskotsordningane legg til grunn at barnehage, SFO, grunnskule og vidaregåande opplæring utviklar kompetanse, praksis og kvalitet i partnarskap med universitet, høgskular eller fagskular. Partnarskap mellom universitet eller høgskular og praksisfeltet skal også bidra til å gjere lærarutdanningane meir praksisnære.
Regjeringa vil vidareutvikle dagens ordningar slik at det blir ei eiga tilskotsordning for lokal kompetanseutvikling for vidaregåande opplæring som omfattar både yrkesfaglege og studieførebuande utdanningsprogram. Ei eiga ordning for vidaregående opplæring vil i større grad gjere det mogleg å sjå kompetanseutviklinga i samanheng og på tvers av fagområda i vidaregående opplæring. Denne ordninga får fylkeskommunen ansvaret for. Den andre tilskotsordninga skal framleis omfatte barnehage og grunnskule og forvaltast av statsforvaltaren. Kompetanseløftet for spesialpedagogikk og inkluderande praksis vil framleis vere ei viktig satsing, som vil bli ivareteke og forvalta gjennom desse to ordningane. Det vil bli utarbeidd nye retningslinjer for desse to ordningane som vil gjelde frå 2026.
Evalueringar og rapporteringar viser at det er krevjande å arbeide på nye måtar i partnarskap i ordningane for lokal kompetanseutvikling. Aktørane som deltek, er likevel tydelege på at dei har tru på denne måten å arbeide på, og ønsker at ordningane skal vidareførast utan for store endringar. Det er eit mål at ordningane vert mindre byråkratiske, og gi betre høve for samordning og langsiktig planlegging på tvers av kompetansetiltaka.
Regjeringa ønsker å styrke og samle kompetansemiljøa som arbeider med lokal kompetanseutvikling for samisk språk og kultur i barnehage og skule. Kunnskapsdepartementet vil i dialog med Sametinget etablere eit nasjonalt forum for samisk språk og kultur.
Utvikling av karrierevegar – spesialiserte roller eller funksjonar i barnehage og skule
Barnehage og grunnopplæring er verksemder med behov for spesialisert kompetanse, og bruken av spesialiserte roller og funksjonar har auka i sektoren dei siste åra, særleg som følge av utprøvinga av lærarspesialistordninga. Slike funksjonar kan bidra til å løyse sentrale faglege og sosiale utfordringar i barnehagen og skulen. Dette kan til dømes vere utvikling av god undervisningspraksis innanfor faga, utvikling av barnehage- og læringsmiljø, til rettleiing av nyutdanna eller til samarbeid med universitet og høgskular. Å gi lærarar og andre tilsette eigne funksjonar eller roller knytte til å leie utviklingsarbeid i kollegiet vil vere viktig for kvalitetsutvikling i verksemda. Det vil også gjere læraryrket meir attraktivt og skal medverke til at fleire ønsker å bli verande lenger i barnehage og skule. Regjeringa omtalar i Hurdalsplattforma at ho vil medverke til å utvikle ei betre partsforankra ordning for karrierevegar, og departementet har dialog med partane. Regjeringa vil mellom anna bidra til å legge til rette for vidareutdanningstilbod for lærarar og andre yrkesgrupper som har ei slik rolle eller funksjon i å rettleie og/eller drive utviklingsarbeid på arbeidsplassen.
Tiltak for å gi betre støtte til kommunar med utfordringar – oppfølgingsordninga
Oppfølgingsordninga vil vere ein del av det heilskaplege systemet for kompetanse- og karriereutvikling. Oppfølgingsordninga gir treårig støtte til kommunar som har svake resultat på sentrale område av opplæringa over tid, slik som læringsmiljø, nasjonale prøvar og grunnskulepoeng. Eksterne rettleiarar og statsforvaltaren støttar kommunane i å analysere eigne data for å finne relevante tiltak. Ordninga er administrert av Utdanningsdirektoratet.
Gjennom deltaking i oppfølgingsordninga skal kommunane få tilstrekkeleg kompetanse og kapasistet til å ta ansvar for kvalitets- og kompeanseutvikling i skulen, slik at dei også kan dra betre nytte av dei andre kompetansetiltaka i det heilskaplege systemet.
Arbeidsforskingsinstituttet AFI – OsloMet evaluerer tilskotsordningane for lokal kompetanseutvikling for skule og yrkesfag pluss oppfølgingsordninga. Evalueringsprosjektet starta hausten 2019 og vert avslutta ved utgangen av 2025. Delrapporten om oppfølgingsordninga, som kom våren 2024, viser at 92 pst. av skuleeigarane frå 2020-uttrekket meiner at ordninga styrker kompetansen skuleeigarane har til å drive kvalitetsutvikling. Forskarane meiner overordna at ordninga bidreg til å oppnå målet om at skuleeigarane får tilstrekkeleg kompetanse og kapasitet til å ta sitt ansvar for kvalitetsutvikling i skulen, også utover rettleiingsperioden. Nokre kommunar får ikkje nyttiggjort seg av ordninga og har behov for tettare oppfølging og meir støtte enn ordninga legg opp til. Evalueringa viser òg at dei fleste kommunane er nøgde med at statsforvaltaren har ei meir aktiv rolle, og at oppfølgingsordninga vert sett meir i samanheng med andre tiltak. Regjeringa vil vidareutvikle ordninga for at ho endå betre skal møte behova til kommunane som deltek, og mellom anna sjå ho i betre samanheng med liknande tiltak i andre deler av oppvekst- og velferdssektoren for å kunne gi meir heilskapleg støtte og oppfølging til dei kommunane det gjeld.
Tiltak for å styrke lærarprofesjonen
Regjeringa har innført som del av ny opplæringslov, eit varig unntak frå kravet om fagleg fordjuping i undervisningsfag for lærarar som oppfylte krava for å bli tilsett som lærar før 1. januar 2014, eller som har allmennlærarutdanning. Utover det skal kompetansekrava for undervisning bli ståande. Det varige unntaket vil bidra til å behalde fleire lærarar med lang fartstid og erfaring i skulen. Det gir også større handlingsrom lokalt til å vurdere kva behov skulen har for kompetanseutvikling.
Regjeringa har sørgd for at fleire kan få vidareutdanning i praktiske og estetiske fag og spesialpedagogikk. Det vil imøtekome behovet for kompetanse, slik det går fram av SSBs kartlegging av kor mange studiepoeng lærarane har i undervisningsfaga sine.
Regjeringa er oppteken av at elevane skal få betre læring, og har saman med dei sentrale partane kome fram til regelendringar som understrekar kor viktig lærarutdanning er. Stortinget vedtok i juni 2024 endringar i opplæringslova som inneber at ein må ha lærarutdanning for å bli fast tilsett i lærarstilling. Stortinget vedtok også ei språkleg endring i lovteksten for å synleggjere at skulane bør prøve å tilsetje på vilkår om å fullføre ei lærarutdanning før anna mellombels tilsetjing. Det kan i einskilde høve vere krevjande å rekruttere kvalifiserte lærarar på yrkesfag. Da er tilsetjing på vilkår eit nødvendig verkemiddel for å kunne rekruttere kvalifisererte yrkesfaglærarar. I samanheng med lovendringane har departementet fastsett endringar i dei tilhøyrande forskriftsreglane. Endringane i lova og forskrifta vil bidra til å auke statusen til læraryrket og vere med på å gjere yrket meir attraktivt for dei som skal velje utdanning.
Tillitsreforma skal gi betre tenester gjennom meir fleksibilitet i barnehagar og skular
Tillitsreforma er eit felles prosjekt for regjeringa, jf. omtale i Prop. 1 S (2024–2025) for Kommunal- og distriktsdepartementet. Målet med reforma er å gi brukarar og innbyggarar betre velferd og betre tenester gjennom å la dei tilsette få større høve til å bruke profesjonen sin til å gjere oppgåvene.
Tillitsreforma i barnehage og skule handlar om å styrke partsamarbeidet på alle nivå, auke det lokale handlingsrommet og bygge sterke faglege profesjonsfelleskap. Målet er å setje menneska som systemet er til for i sentrum og ha større tillit til dei tilsette. I tillegg skal det vere større medvit rundt kva som skal målast og kvifor.
Dei fleste barnehage- og grunnopplæringstenestene blir ytte i kommunesektoren. Hovuddelen av tillitsreforma skal skje lokalt og nedanfrå. Lokalt blir god samhandling mellom barnehage- og skuleeigarar og dei einskilde barnehagane og skulane viktig. Forsøk, utviklingsprosjekt og pilotar er òg ein viktig del og har særleg merksemd i arbeidet.
Som ein del av tillitsreforma blei det i 2023 løyvd 10 mill. kroner til lokale pilotar og prosjekt i barnehagar og skular. Det er delt ut tilskot til 40 kommunar, og prosjekta er i gang. Det blir viktig å følge opp resultata. Handlingsrommet til kommunane er stort, og prosjekta har både stor spreiing og spennande retningar. Eksempel på prosjektområde er meir tid til kjerneoppgåver, tverrfagleg samarbeid, kompetanseløft, tillitsbaserte arbeidsformer/-leiing og styrking av partssamarbeidet. Vurderinga til no er at mange av kommunane har planar om å nytte tilskotet på ein måte som kan føre med seg varig positive endringar dersom forsøka er vellykka.
Regjeringa har òg invitert kommunane til å søke om å vere forsøkskommune. Forsøkskommunar får høve til å teste ut nye måtar å løyse oppgåver på gjennom fritak frå regelverk. På Kunnskapsdepartementets område er forslag til forsøk frå fire kommunar med vidare i prosessen i forsøksordninga. Tema for alle dei fire forslaga er meir fleksibilitet i grunnopplæringa.
I det statlege sporet vil reforma vere ein integrert del av innsatsen regjeringa gjer for barnehagar og grunnopplæringa i kommunesektoren. Nye statlege satsingar skal ha som eit utgangspunkt at dei som arbeider i direkte møte med barn og unge, skal ha metodeansvar og fagleg handlingsrom, og at det lokale sjølvstyret til kommunale myndigheiter skal styrkast. Kvalitetsutviklingsutvalet leverte hovudinnstillinga si hausten 2023, sjå nærare omtale av dette i Meld. St. 34 (2023–2024) En mer praktisk skole – Bedre læring, motivasjon og trivsel på 5.–10. trinn. Det nye kvalitetsutviklingssystemet skal bygge opp under tillitsreforma i opplæringssektoren og legge til rette for betre samarbeid og dialog.
Ei vidaregåande opplæring som kvalifiserer til utdanning og arbeid
Fleire må fullføre vidaregåande opplæring
Høg yrkesdeltaking er eit av fundamenta for det norske velferdssamfunnet. Trenden er at sysselsetjinga for personar utan fullført vidaregåande opplæring går ned. Det å ikkje ha fullført vidaregåande opplæring blir ei kjelde til utanforskap og sosiale skilnader. Dette gjer at det blir endå viktigare å sikre at fleire unge fullfører vidaregåande opplæring, og at vaksne utan studie- eller yrkeskompetanse får tilgang til vidaregåande opplæring organisert for vaksne.
Tal frå SSB viser at 82,2 pst. av dei som starta opplæringa i 2017, hadde fullført og bestått i løpet av fem (studieførebuande utdanningsprogram) eller seks år (yrkesfaglege utdanningsprogram). Aldri tidlegare har ein så stor del fullført. Samstundes inneber det òg at mange tusen elevar ikkje fullfører vidaregåande opplæring kvart år. Derfor er det behov for ein offensiv politikk på området.
2017-kullet var i sitt sjette semester då landet stengde ned i 2020 som følge av koronapandemien, og eksamen vart avlyst. Delen som fullførte på normert tid (3 år), auka med 4 prosenteiningar frå året før for dei som begynte på eit studieførebuande utdanningsprogram.
Resultata frå grunnskulen er den faktoren som har størst innverknad på fullføringa av vidaregåande opplæring. Ein stor del av elevane med få grunnskulepoeng fullfører ikkje.
Over halvparten av dei som startar på vidaregåande opplæring, vel yrkesfag. Utfordringa er ikkje først og fremst at det startar få på dei yrkesfaglege utdanningsprogramma, men at for få av dei som startar, fullfører med fag- eller sveinebrev eller yrkeskompetanse. For mange av yrkesfagelevane får ikkje læreplass, og for mange fell ifrå. Det er færre som fullfører av dei som vel yrkesfag, enn av dei som vel studieførebuande på vidaregåande. Ei forklaring på forskjellig fullføringsgrad er at det er fleire elevar med høg poengsum frå grunnskulen som startar på studieførebuande, enn som startar på yrkesfag. Ei anna forklaring er at ein viss del av yrkesfagelevane på Vg2 med låge karakterar og høgt fråvær ikkje blir valde til læreplass av arbeidsgivarar. Regjeringa vil at fleire skal få moglegheit til å stå heile løpet ut i dei yrkesfaglege utdanningsprogramma. Det er derfor viktig med tiltak i yrkesfagløpa som får fleire av dei som startar yrkesfag Vg1, til å fullføre med fagbrev eller yrkeskompetanse.
Tal frå SSB viser at ein større del av elevane enn tidlegare fullfører vidaregåande opplæring på normert tid. Av dei som starta på vidaregåande opplæring hausten 2017, var det 72 pst. som fullførte på normert tid. Dette er ein auke på 10 prosenteiningar samanlikna med 2008-kullet. Delen som fullfører vidaregåande opplæring på normert tid, har gått opp særleg mykje blant dei som har innvandrarbakgrunn.
Vidaregåande opplæring er i for liten grad tilpassa den mangfaldige elevgruppa
Elevar med behov for særskild tilrettelegging får lite råd og bistand ved overgangen frå grunnskulen til vidaregåande opplæring, og opplæringsløpa i vidaregåande opplæring er ikkje alltid godt nok tilpassa elevmangfaldet. Det same gjeld ved overgangen frå vidaregåande opplæring til vidare utdanning eller arbeid.
Elevar med funksjonsnedsetjingar i vidaregåande opplæring er ei samansett gruppe og kan ha mange ulike utfordringar. Mange elevar, lærlingar, praksisbrevkandidatar og lærekandidatar med funksjonsnedsetjingar har ikkje eit godt nok tilpassa tilbod til at dei gjennomfører vidaregåande opplæring. Det er derfor behov for å utforme eit betre og meir likeverdig tilbod til alle elevar og dei som har opplæringa i bedrift, uavhengig av kva funksjonsevne dei har.
Elevar som har budd kort tid i Noreg, har ofte særskilde vanskar fordi dei har avgrensa språklege ferdigheiter. Prosentdelen av innvandrarane som fullfører vidaregåande opplæring (67,2 pst. for 2017-kullet), har auka i dei siste åra, men er framleis lågare enn for norskfødde med innvandrarforeldre og andre. Sjå del III, kap. 6 Nøkkeltal for grunnopplæringa.
Fleire vaksne treng vidaregåande opplæring for å bli kvalifiserte til arbeidslivet
Vaksne som ikkje har fullført vidaregåande opplæring, står oftare utanfor arbeidslivet enn andre, og dei kan ha vanskar med å møte krav til omstilling om dei er i arbeid. Vaksne har ofte jobb- og familieforpliktingar som gjer det vanskeleg å ta utdanning på heiltid og/eller på dagtid. I tillegg manglar ein del av dei vaksne med innvandrarbakgrunn språklege føresetnader for å gjennomføre opplæringa. Innhaldet og organiseringa av opplæringa for vaksne må derfor vere tilpassa livssituasjonen til vaksne. Dette er eit viktig tiltak for å mobilisere arbeidskraftreserven i Noreg.
Dei aller fleste vaksne lærer best ute i verksemder der dei kan bruke og bygge vidare på sin realkompetanse. Det er ei utfordring at mange verksemder ikkje tek sjansen på å teikne lærekontrakt med vaksne som har faglege eller sosiale utfordringar. Dette gjer at ein del vaksne får problem med å ta fagbrev og slik få ei varig tilknyting til arbeidslivet.
Elevar blir ikkje godt nok førebudde på vidare utdanning
Elevane som går ut av dei studieførebuande utdanningsprogramma, er ikkje alltid godt nok førebudde på studium i høgare utdanning. Det er ein klar samanheng mellom karakterar i vidaregåande opplæring, kor godt førebudde elevane kjenner seg, og fullføring i høgare utdanning. Det er avgrensa rom for fordjuping i dei studieførebuande utdanningsprogramma, og for einskilde er det for lite fridom til å velje vidaregåande fag etter kva dei vil studere vidare.
Fagopplæringa er ikkje godt nok tilpassa behova i arbeidslivet
Behovet for fagutdanna er stort, og det er venta stor mangel på fagarbeidarar i Noreg i åra framover. Fag- og yrkesopplæringa skal medverke til å dekke behovet for faglært arbeidskraft, både med nok fagarbeidarar og med arbeidarar med rett kompetanse.
Fylkeskommunane har ansvaret for å dimensjonere det vidaregåande opplæringstilbodet. Det er fleire omsyn som må takast i dimensjoneringa, inkludert kompetansebehov i samfunnet. I skuleåret 2022–23 blei det teke rundt 29 000 fagbrev. Det er eit historisk høgt tal. Det blei teikna 24 200 nye lærekontraktar i 2022–23, som er ein liten nedgang frå året før. Meir enn åtte av ti søkarar fekk læreplass.
Likevel er det fleire tusen søkarar som ikkje får læreplass kvart år. Det er ei utfordring at tilgangen på læreplassar er avhengig av konjunkturutviklinga i økonomien og svingingane i etterspurnaden etter arbeidskraft i den einskilde bransjen. Ikkje alle fagbrev er verdsette i arbeidslivet. I fleire bransjar gir ikkje fagbrev nødvendigvis eit fortrinn framfor ufaglærte eller personar som har annan type utdanning. Det er fleire faktorar som påverkar sjansane til å bli vald til ein læreplass. Dei som har gode karakterar og lågt fråvær har lettare for å få læreplass enn dei som ikkje har dette. Innvandrarar er overrepresenterte blant dei som ikkje får læreplass. Mangelfullt samarbeid mellom aktørar som fylkeskommune, skule og opplæringskontor kan òg vere eit hinder for å få læreplass.
Tiltak for at fleire skal fullføre vidaregåande opplæring og bli kvalifiserte for læreplass, arbeid og vidare utdanning
Regjeringa prioriterer tiltak for å auke fullføringa i vidaregåande opplæring og kvalifisere fleire for læreplass, arbeid og vidare utdanning i statsbudsjettet for 2025. Vidaregåande opplæring blir i hovudsak finansiert av dei frie inntektene til fylkeskommunane gjennom rammetilskot frå staten og skatteinntekter. Regjeringa forventar at den samla innsatsen frå staten og fylkeskommunane skal gi auka fullføring i vidaregåande opplæring.
Den nye opplæringslova tok til å gjelde hausten 2024 og inneber fleire store endringar i retten til vidaregåande opplæring. Blant dei viktigaste endringane er ein utvida rett til vidaregåande opplæring fram til ein har fullført og bestått med studie- eller yrkeskompetanse, og ein rett til yrkesfagleg rekvalifisering for dei som allereie har fullført med studie- eller yrkeskompetanse, men har behov for rekvalifisere seg med eit fagbrev. Endringane vil gi fleire betre høve til å kvalifisere seg for vidare utdanning og arbeid. I statsbudsjettet for 2025 foreslår regjeringa å vidareføre det øyremerkte tilskotet som legg til rette for å finansiere den utvida retten til vidaregåande opplæring, jf. kap. 225, post 69. Andre viktige endringar for vidaregåande opplæring i den nye opplæringslova er allereie finansierte over rammetilskotet til fylkeskommunane.
Tiltak for å forbetre og vidareutvikle eksamen og vurdering i grunnskule og vidaregåande opplæring
Elevar og lærlingar i vidaregåande opplæring skal ikkje berre fullføre, men også bli kvalifiserte til læreplass, arbeid og vidare utdanning. Arbeidslivet får informasjon om kvalifikasjonane til elevar og lærlingar gjennom karakterar, eksamen og vitnemål. Fagfornyinga har ført til behov for å vidareutvikle eksamens- og vurderingsfeltet i både grunnskulen og den vidaregåande opplæringa.
Eksamensgjennomføringa har dei siste åra vist nokre uønskte sårbarheiter både i samband med avlysingar under pandemien og i gjennomføringa av eksamen. Den digitale utviklinga gir moglegheiter for vidareutvikling av eksamensfeltet, men utvikling av digitale løysingar, hjelpemiddel og KI-verktøy som ChatGPT gir også utfordringar. Dette har gjort at Utdanningsdirektoratet no bruker mykje ressursar på å trygge gjennomføringa av eksamen. I tillegg bruker Utdanningsdirektoratet inntil vidare ressursar på å gjennomføre ein del eksamenar med den gamle løysinga i fag der det er ønskeleg å vidareføre ein todelt eksamen, fordi det nye gjennomføringssystemet ikkje støttar gjennomføring av todelt eksamen.
For å styrke eksamensgjennomføringa våren 2024 blei det sett i verk fleire tiltak innanfor rammene av dagens regelverk. Kunnskapsdepartementet gav våren 2024 Utdanningsdirektoratet i oppdrag å vurdere behovet for forskriftsendringar for å trygge eksamensgjennomføringa. Det er sendt på høyring forslag om endringar i eksamensordninga i alle fag i grunnskulen, i fellesfag i vidaregåande opplæring, i alle fag i studieførebuande utdanningsprogram og i læreplanar for yrkesfagleg utdanningsprogram (eiga høyring), med sentralt gitt skriftleg eksamen.
Forslaga som er på høyring, handlar om at fag med eksamen med førebuingsdel til skriftleg eksamen blir endra til skriftleg eksamen utan førebuingsdel. I høyringsbreva peikar Utdanningsdirektoratet på at framveksten og bruk av KI gjer at eksamen med førebuingsdel til skriftleg eksamen er spesielt utsett for at KI kan nyttast til å utarbeide tekstar på førebuingsdagen som elevane kan bruke på eksamensdagen, og at svaret dermed ikkje blir eit godt uttrykk for det eleven kan eller har lært i opplæringa.
Departementet foreslår derfor å styrke arbeidet med eksamen og vurdering med 15 mill. kroner. Den samla løyvinga til eksamen og vurdering skal bidra både til å trygge eksamensgjennomføringa og å vidareutvikle eksamens- og vurderingsfeltet etter fagfornyinga, fullføringsreforma i vidaregåande opplæring og vurderingsformer som fremjar praktisk læring.
Eit løft for fag- og yrkesopplæringa
Regjeringa har sett i gang ei satsing for å få fleire ut i lære i eit trygt og godt arbeidsliv. I statsbudsjettet for 2025 foreslår regjeringa å vidareføre tilskotet for at fleire skal få læreplass, gjennom betre kvalifisering og formidling til læreplassar i fag- og yrkesopplæringa. Målgruppa er både elevar som allereie frå Vg1 har ein risiko for ikkje å få læreplass, og elevar som er i Vg3 i skule, og som treng læreplass. Satsinga følger opp Samfunnskontrakten for fleire læreplassar (2022–2026) som har som mål at alle elevar som er formelt kvalifiserte, skal få læreplass.
For å få endå fleire læreplassar i privat sektor la departementet hausten 2023 fram forslag til endringar i forskrift om plikt til å stille krav om bruk av lærlingar i offentlege kontraktar (lærlingklausulen). Departementet vurderer høyringsinnspela og har dialog med partane i arbeidslivet om endringane.
Ei arbeidsgruppe leverte hausten 2023 ei utgreiing om korleis ein kan realisere eit nasjonalt senter for yrkesfag. Etter dialog med partane i arbeidslivet ønsker regjeringa å opprette eit nasjonalt senter for yrkesfag som ei eining i Utdanningsdirektoratet. Senteret skal vere ein pådrivar for nytenking og langsiktig strategisk arbeid. Målet er å auke kvaliteten i fag- og yrkesopplæringa. I tillegg skal senteret ha som mål å styrke samarbeidet mellom fag- og yrkesopplæringa i vidaregåande opplæring og høgare yrkesfagleg utdanning. I statsbudsjettet for 2025 foreslår departementet midlar til etablering og drift av senteret og forsking og utvikling, sjå kap. 226, post 21. Senteret kan gradvis få fleire oppgåver og vil då få auka ressursar.
Departementet meiner det er behov for meir langsiktig forsking på høgare yrkesfagleg utdanning og på fag- og yrkesopplæring. Dette vil på sikt kunne medverke til å auke kvaliteten i dei yrkesfaglege utdanningane. Departementet foreslår derfor midlar til forsking på desse områda og at midlane blir lyste ut gjennom Forskingsrådet. Tiltaket skal stimulere til framvekst av sjølvstendige forskingsmiljø. Sjå omtale under kap. 201, post 50 i programkategori 07.10 Administrasjon.
Betre tilrettelagd opplæring for vaksne
Modulstrukturert opplæring blir hovudmodell for all opplæring for vaksne frå hausten 2024. Opplæringa skal vere fleksibel og kunne nyttast av vaksne med ulike behov. Frå hausten 2024 blir òg nye læreplanar særskilt tilpassa vaksne tekne i bruk i opplæring på nivået under vidaregåande og i utvalde lærefag i vidaregåande. Desse to tiltaka er viktige for å mobilisere den norske arbeidskraftreserven og gi tilgang til vidaregåande opplæring for alle vaksne, slik at dei kan få varig tilknyting til arbeidslivet. Ei meir fleksibel opplæring gjer at det blir enklare å bygge vidare på det den einskilde kan frå før, for å nå målet sitt. Ei modulisert organisering inneber òg at opplæringa kan gjennomførast på ulike arenaer, som i introduksjonsprogrammet, i arbeidsmarknadstiltak, i bedrifter og på skulen. Det blir òg enklare å gjennomføre opplæring for dei som arbeider på deltid eller heiltid, men som ønsker å betre posisjonen sin på arbeidsmarknaden eller skaffe seg ny eller oppdatert kompetanse for å oppfylle krav til omstilling.
Ettersom den nye opplæringslova sikrar alle rett til opplæring til dei har fullført vidaregåande opplæring, og rett til yrkesfagleg rekvalifisering, gir ho fleire vaksne utvida rett til vidaregåande opplæring. Dei som tidlegare har gjennomført delar av vidaregåande, i Noreg eller i eit anna land, kan på ein enklare måte få tilpassa opplæring og berre gjennomføre opplæringa som manglar for å kunne fullføre vidaregåande opplæring i dei einskilde faga. Ei fleksibel organisering av fag- og yrkesopplæringa gjer òg at vaksne som er i arbeid, kan få ny yrkesfagleg kompetanse.
I 2025 foreslår regjeringa 15 mill. kroner til å prøve ut ei ordning med tilskot til bedrifter som tar inn vaksne med utfordringar slik at dei på sikt kan bli lærlingar, Læreplass-sjansen. Ordninga skal i første omgang prøvast ut i eit avgrensa tal fylke. Kunnskapsdepartementet vil gi Utdanningsdirektoratet i oppdrag å gjennomføre forsøket. Sjå omtale under kap. 225, post 69.
Det er gjennomført eit forsøk med modulstrukturert opplæring for vaksne som er finansiert over programkategori 07.50 Kompetansepolitikk og livslang læring, kap. 258, post 21. Erfaringane i forsøket er viktige når den nye opplæringa skal takast i bruk i kommunar og fylke i heile landet. Nye modulstrukturerte læreplanar skal takast i bruk frå skuleåret 2024–25 i dei 13 lærefaga som har vore ein del av forsøket, på nivået under vidaregåande og i opplæring som er ein kombinasjon av dei to nivåa.
Betre og meir likeverdige tilbod til elevar med funksjonsnedsetjingar
Direktoratet vil sørge for at aktuelle brukarorganisasjonar saman med andre aktørar, blir involverte i utviklinga av tiltaka i fullføringsreforma. Tiltaka i reforma blir sett i verk til ulik tid og spenner over ulike tema og problemstillingar. Direktoratet vil ha ein målretta og tett dialog med dei ulike brukarorganisasjonane tilpassa deira interesser og behov. Involveringa må derfor skje på ulikt vis gjennom heile reformarbeidet.
Fullføringsreforma skal sikre eit likeverdig tilbod til alle uavhengig av kva funksjonsevne dei har. Det er derfor viktig at alle tiltaka i reforma blir utforma på ein slik måte at dei treff behova til elevar med funksjonsnedsetjingar. Tett dialog med brukarorganisasjonane for personar med funksjonsnedsetjingar er derfor nødvendig om ein skal løyse utfordringane elevane opplever i dag, og slik gjere tilbodet i vidaregåande opplæring betre.
Kunnskapsdepartementet har gitt Utdanningsdirektoratet eit særleg ansvar for at brukarorganisasjonane for personar med funksjonsnedsetjingar blir involverte i arbeidet med å utvikle tiltaka i fullføringsreforma. Direktoratet skal ha tett og systematisk dialog med brukarorganisasjonane gjennom heile reformarbeidet. Elevar med funksjonsnedsetjingar er ei mangfaldig gruppe med ulike tilretteleggingsbehov. Det er derfor viktig at involveringa sikrar at ein får fram breidda i dei behova elevane har.
Kap. 220 Utdanningsdirektoratet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2023 | Saldert budsjett 2024 | Forslag 2025 |
01 | Driftsutgifter | 408 671 | 408 732 | 418 999 |
21 | Særskilde driftsutgifter, kan nyttast under post 70 | 223 029 | 217 438 | 272 431 |
70 | Tilskot til læremiddel o.a., kan overførast, kan nyttast under post 21 | 82 020 | 86 731 | 90 027 |
Sum kap. 220 | 713 720 | 712 901 | 781 457 |
Utdanningsdirektoratet har oppgåver innanfor myndigheitsutøving, vurdering, analyse, utvikling, støtte og rettleiing i barnehagesektoren og grunnopplæringssektoren. Arbeidet med digitalisering og bruk av IKT i det pedagogiske arbeidet skal vere integrert i arbeidet direktoratet gjer, og i dei statlege tiltaka som blir gjennomførte på utdanningsområdet.
Løyvingane under kap. 220 finansierer ordinære driftsoppgåver i direktoratet. I tillegg kjem oppgåver som direktoratet har ansvaret for, men som blir finansierte over andre kapittel. Det er til dømes mellombelse oppgåver som gjeld kvalitetsutvikling og kvalitetsvurdering i grunnopplæringa og barnehagen, og arbeid med digital infrastruktur i sektoren, jf. kap. 226 Kvalitetsutvikling i grunnopplæringa og kap. 231 Barnehagar. Omtale av verksemda til direktoratet er derfor dels plassert under andre budsjettkapittel. Direktoratet er delegert myndigheit i forvaltningssaker som gjeld:
etatsstyring av statlege skular som gir grunnopplæring, jf. kap. 222
etatsstyring av statsforvaltaren på barnehageområdet og grunnopplæringsområdet
tilsynsarbeid som følger av barnehagelova, opplæringslova, privatskulelova og folkehøgskulelova
tolking av og rettleiing om barnehagelova, opplæringslova, privatskulelova og folkehøgskulelova med forskrifter på nasjonalt nivå
tilskot til styrking av norskspråkleg utvikling for minoritetsspråklege barn i barnehage, eksamensavvikling, private skular, folkehøgskular, freds- og menneskerettssenter og andre formål, jf. kap. 224, 225, 226, 227, 228, 231 og 253
Post 01 Driftsutgifter
Mål for 2025
Dei overordna sektormåla for kunnskapssektoren som er omtala i innleiinga til programkategoriane 07.20 Grunnopplæringa og 07.30 Barnehagar, er førande for arbeidet til direktoratet.
Samfunnsoppdraget og måla for direktoratet blei reviderte våren 2024 og gjeld frå 2025. Dei tidlegare måla tok utgangspunkt i skuleeigarar, barnehageeigarar og barnehagemyndigheiter som målgrupper for verkemidla til direktoratet. Samstundes har det endelege formålet heile tida vore klart: Barn, unge og vaksne i barnehage og grunnopplæring skal lære, meistre og trivst. Dreiinga i brukareffektmåla gjer at dette kjem tydelegare fram. Revideringa av måla trekker målbildet nærare i retning av effektar for barn, unge og vaksne i barnehage og grunnopplæring, og korleis Utdanningsdirektoratet bidreg til overordna måloppnåing for kunnskapssektoren. Digitalisering er ikkje lenger med som eit eige mål, men får i staden status som eit særskilt satsingsområde. Direktoratet skal rapportere på dette i same omfang og hyppigheit som måla.
Samfunnsoppdraget for direktoratet
Utdanningsdirektoratet har eit overordna ansvar for at utdanningspolitikken blir sett i verk i barnehage, grunnskule og vidaregåande opplæring. Direktoratets samla innsatsar skal bidra til at:
barn i barnehage får behova sine for leik, omsorg og allsidig utvikling ivaretekne
barn, unge og vaksne lærer, meistrar og trivst i opplæringa
barnehagar og skular bidreg til gode oppvekstmiljø
barn, unge og vaksne blir kvalifiserte og førebudde på deltaking i arbeids- og samfunnsliv
Måla for direktoratet
Ein barnehage som gir ein god start i livet.
Ei opplæring som gir god læring, utvikling og danning.
Trygge og gode barnehage- og skulemiljø.
Likeverdige barnehage- og opplæringstilbod.
Gode lag rundt barnet og eleven.
Resultat i 2023
Rapporteringa for 2023 følger dei måla som gjaldt før revideringa, og gjeld Utdanningsdirektoratets bidrag for å nå måla. For anna rapportering, sjå kategoriinnleiingane for høvesvis 07.20 Grunnopplæringa og 07.30 Barnehagar.
Barnehageeigarar, skuleeigarar og barnehagemyndigheiter ivaretek utvikling, læring og trivsel hos barn og unge i barnehagar, skular og lærebedrifter
Ifølge rammeplanen skal barnehagen, i samarbeid og forståing med heimen, ivareta barnas behov for omsorg og leik og fremje læring og danning. Direktoratet har i oppgåve å forvalte rammeplanen og støtte opp om forståinga og bruken av rammeplanen i barnehagane.
I 2023 har direktoratet halde fram med å utvikle støttemateriell og kompetansepakkar som ligg tilgjengelege i rammeplanvisninga på udir.no. Sluttrapporten frå evalueringa av implementering av rammeplanen kom i desember 2023. Sjå nærare omtale i programkategori 07.30 Barnehagar.
Den nasjonale rammeplanen for skulefritidsordninga (SFO) tok til å gjelde 1. august 2021. Målet er å oppnå eit meir likeverdig SFO-tilbod i heile landet samstundes som det skal vere rom for lokale prioriteringar og lokal variasjon. I 2023 heldt direktoratet fram med å støtte innføringa av rammeplanen og følgde opp eit kompetansetilbod for leiarar i SFO. Direktoratet vurderte kva for kompetansebehov tilsette i SFO har, og kva for rammevilkår skular og kommunar har for kvalitetsutvikling av SFO. Direktoratet foreslo moglege tiltak på bakgrunn av vurderinga.
Det nye læreplanverket LK20 og LK20S har vore innført gradvis sidan 2020. Sjølv om covid-19-pandemien gav dårlege føresetnader for oppstarten, var inntrykket i 2023 at arbeidet med læreplanverket vert prioritert i skulane, og at skuleeigarane følger opp. Samstundes er det variasjonar i kor langt skular og kommunar og fylkeskommunar er komne i arbeidet. Direktoratet skal gi støtte til skuleeigarar, skular og lærebedrifter, noko som krev eit nært samarbeid med partane i sektoren og med arbeidslivet. Direktoratet erfarer at støtte- og rettleiingsressursar som er laga, er nyttige for og blir brukte av mange i sektoren. I 2023 vart det publisert ein ny komprimert versjon av kompetansepakkar om innføring av læreplanar for Vg3/ opplæring i bedrift som skal vere betre tilpassa målgruppa i prøvenemnder og lærebedrifter. I 2023 byrja direktoratet arbeidet med eit oppdrag frå departementet om å styrke det lokale arbeidet med fagfornyinga i grunnskular og vidaregåande skular.
I 2023 var partane i arbeidslivet via dei faglege råda involverte i utgreiingar av i underkant av 20 forslag til endringar i tilbodsstruktur eller læreplanar.
Direktoratet har i 2023 hatt mange aktivitetar for å utvikle og gjennomføre eksamen i samsvar med nytt læreplanverk og i eit nytt heildigitalt system. Sjå nærare omtale under kap. 220, post 21.
Direktoratet har ei rekke oppdrag med utspring i Meld. St. 21 (2020–2021) Fullføringsreformen – med åpne dører til verden og fremtiden. I 2023 har direktoratet førebudd implementeringa av nye modulstrukturerte læreplanar for vaksne ved å utvikle innhald i læreplanane og vurderingsordningar og ved å setje i verk tiltak for å støtte fylkeskommunane i å etablere opplæringstilbod etter dei nye læreplanane. Direktoratet greidde ut bruken av realkompetansevurdering i samarbeid med Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse for å setje i verk tiltak for å styrke realkompetansevurdering som verkemiddel.
Direktoratet har arbeidd vidare med å gå gjennom fag- og timefordelinga i vidaregåande opplæring på oppdrag frå departementet. Det omfattar mellom anna ein plan for korleis partane skal involverast i arbeidet.
I 2023 vart Rådet for studieførebuande utdanningsprogram etablert, som oppfølging av fullføringsreforma. Dermed har statlege utdanningsstyresmakter fått eit rådgivande organ for kunnskap og utvikling av dei studieførebuande utdanningsprogramma.
Utvikling av ulike kompetansetiltak er sentralt i direktoratets arbeid for eit godt barnehage- og skulemiljø. Direktoratet har arbeidd medvite med å breidde ut forståinga av barnehage- og skulemiljø i dei oppdraga som har vore gjennom året. Læringsmiljøprosjektet er eit tilbod til barnehagar, skular og kommunar som ønsker rettleiing i arbeidet med eit trygt og godt barnehage- og skulemiljø, der dei mellom anna får verktøy for å arbeide systematisk over tid. I 2023 har direktoratet starta opp ein ny pulje som gir rettleiing som bygger på lokale behov og styrker tiltaka i det lokale arbeidet.
Direktoratet skal samarbeide med dei andre direktorata og etatane på oppvekstfeltet for å sikre betre samordning av tenester til barn og unge. Saman med dei andre velferdsetatane jobbar direktoratet med utviklinga av nye arbeidsformer og tiltak for å løyse utfordringar i tverrsektorielt og tverrfagleg samarbeid i forvaltninga og tenestene, slik at barn og unge som treng hjelp frå fleire sektorar, kan få eit godt og heilskapleg tilbod. Samarbeidet i etatane støttar opp under departementa sitt arbeid på området, jf. omtale under kap. 226 om kjernegruppa for utsette barn og unge (KUBU).
Barnehageeigarar og skuleeigarar har tilsette med kompetanse som fremjar utvikling, læring og trivsel tilpassa behova til barn og unge
For å sikre eit godt barnehagetilbod og god opplæring er kompetansen til dei tilsette heilt avgjerande. Parallelt med satsinga på vidareutdanning har direktoratet vidareutvikla dei kollektive barnehage- og skulebaserte kompetanseutviklingstiltaka. Tilskot for lokal kompetanseutvikling omfattar regional ordning for kompetanseutvikling i barnehage, desentralisert ordning for kompetanseutvikling i skule, kompetanseløftet i spesialpedagogikk og tilskot for lokal kompetanseutvikling i fag- og yrkesopplæringa. Ordningane skal bidra til styrkt kollektiv kompetanse ut frå lokale behov og gjennom partnarskap med universitet eller høgskule.
Rapportering viser at nasjonalt prioriterte tema blir følgde opp i den lokale prioriteringa. Arbeid med læreplanverk, inkludering og tilrettelegging, leiing, læringsmiljø og vurderingspraksis er område som er prioriterte for kompetanseutvikling i grunnskulen. I vidaregåande opplæring er det vurderingspraksis, arbeid med nytt læreplanverk og leiing av skulebasert kompetanseutvikling som peikar seg ut som prioriterte område. Både evalueringar og rapportering frå partnarskapane syner at ordningane er i positiv utvikling og har stor støtte både i barnehagesektoren, skulesektoren og universitets- og høgskulesektoren. Det er framleis utfordringar i ordningane, og direktoratet jobbar tett med andre relevante aktørar for å utvikle ordningane vidare til å verke best mogleg.
Direktoratets søknadsbehandling i 2023 resulterte i at 1 765 tilsette frå barnehagesektoren og 6 637 frå skulesektoren har fått tilbod om vidareutdanning. Deltakarundersøkingar har i fleire år vist at deltakarane stort sett er nøgde med innhaldet i vidareutdanningstilboda og opplever eit godt læringsutbyte.
For å halde oppe god kvalitet i vidareutdanningstilbod for lærarar og leiarar i barnehage og skule er direktoratet avhengig av å ha eit oppdatert og fornya kunnskapsgrunnlag og vere tett på ny forsking på feltet. For å sikre dette gjennomfører direktoratet mellom anna deltakarundersøkingar og evalueringar. Dette blei også gjort i 2023, men direktoratet har vurdert at omfanget må sjåast opp mot det faktiske behovet og belastninga på sektoren.
Direktoratet har òg utarbeidd mykje støttemateriell til arbeidet med kompetanseutvikling i barnehage, SFO og skule, mellom anna blir det utvikla kompetansepakkar i samarbeid med ulike universitet og høgskular til fleksibel bruk i barnehage, SFO og skular. Pakkane har eiga leiarstøtte for gjennomføring, og kan nyttast i samband med ordningar for lokal kompetanseutvikling. Sjå også omtale under kap. 226.
Direktoratet har eit kontinuerleg og omfattande samarbeid med universitet og høgskular for å gi tilsette i barnehage og skule gode kompetanseutviklingstilbod. Direktoratet deltek i ulike referansegrupper, har observatørrolle i ulike fora og har sekretariatsansvar for Fagleg råd for lærarutdanning 2025.
Barnehageeigarar, skuleeigarar og barnehagestyresmakter forstår, formidlar og etterlever regelverket
Erfaringar frå mellom anna tilsyn, klagesaksbehandling og rettleiingsoppgåvene til direktoratet og statsforvaltaren viser at det framleis er ein veg å gå for å nå dette målet. Manglande regelverksetterleving fører til at mange elevar ikkje har godt nok utbyte av opplæringa, og at dei ikkje opplever at skulemiljøet er tilstrekkeleg trygt og godt.
I 2023 har direktoratet derfor jobba vidare med at regelverket blir synleg som grunnføresetnad i arbeidet ut mot skule- og barnehageområdet. Dette er eit langsiktig og kontinuerleg arbeid som vil halde fram. Direktoratet jobbar saman med og gjennom statsforvaltarane for å oppnå betre forståing av regelverket og regeletterleving i sektoren.
Tilsyn, klagebehandling og rettleiing viser mange brot på krava til internkontroll, til dømes krava i kommunelova § 25-1. Manglande internkontroll fører til at barnehage- og skuleeigarane ikkje er i stand til å avdekke brot, og at desse ikkje blir avdekte før statlege myndigheiter gjennomfører tilsyn i form av stikkprøvekontrollar. I tillegg til at internkontroll er tema for felles nasjonalt tilsyn, har direktoratet derfor i 2023 publisert ein ny rettleiar for internkontroll for barnehage- og skuleeigarar og barnehagemyndigheit.
Personvernet til barn og unge er stadig oftare på dagsordenen i samfunnet. Direktoratet har derfor teke ei større rolle når det gjeld generell rettleiing om personvern for å bidra til å sikre betre regeletterleving på dette området.
Statsforvaltarane gjennomfører få tilsyn med fylkeskommunane. Embeta mottek også få klager og førespurnader i skulemiljøsaker og spesialundervisningssaker frå elevar i vidaregåande opplæring. Også i 2023 har direktoratet derfor retta særskilt søkelys mot det arbeidet statsforvaltaren gjer overfor fylkeskommunane.
I 2023 gjennomførte Utdanningsdirektoratet 137 økonomiske tilsyn med private barnehagar. Tilsyna var både risikobaserte og stikkprøvebaserte. Det vart funne brot på regelverket i omkring 60 pst. av tilsyna. Statsforvaltarane førte til saman 51 tilsyn med kommunen som barnehagemyndigheit og 128 tilsyn med kommunen og fylkeskommunen som skuleeigar. Direktoratet gjennomførte 77 tilsyn med private skular.
Barnehageeigarar og skuleeigarar arbeider kunnskapsbasert i utviklinga av eigne barnehagar og skular og overfor lærebedrifter
Utdanningsdirektoratet støttar opp om kvalitetsutvikling i barnehagar, skular og lærebedrifter. Direktoratet har arbeidd med å gjere kunnskapsgrunnlaget endå meir tilgjengeleg gjennom verktøyet analysebrettet, som viser tal og statistikk på ein meir brukarvennleg måte. Det er skuleeigarar og skuleleiarar som bruker statistikken mest, men også departement, forskarar, journalistar, foreldre og politikarar er brukarar.
I 2023 har direktoratet starta fleire forskingsprosjekt som skal gi betre kunnskap om vurdering. Det er også sett i gang forsking som skal gi kunnskap om trivselen til elevar og barn i skule og barnehage. Forskarar har òg evaluert korleis barnehagesektoren forstår, formidlar og etterlever det nye regelverket om psykososialt barnehagemiljø, jf. omtale i programkategori 07.30 Barnehagar.
Elevundersøkinga, lærlingundersøkinga og foreldreundersøkinga i barnehagen er verktøy som skal gi eit grunnlag for barnehage- og skuleeigarar til å utvikle barnehagane og grunnopplæringa. Elevundersøkinga omfattar 450 000 elevar kvart år og er viktig for at elevane skal få seie si meining om til dømes trivsel, skulemiljø og elevmedverknad. Resultata blir publiserte i Utdanningsdirektoratets statistikkbank og analysebrett.
Oppvekstprofilane er eit samarbeid mellom velferdsdirektorata som var med i 0–24-samarbeidet, og KS for å samle statistikk frå ulike sektorar på éin plass til støtte for kommunar og skular. Folkehelseinstituttet publiserer Oppvekstprofilane. Hovudtemaet i profilane for 2023 var kva som er lært om barn og unges veg gjennom pandemien.
Barnehageeigarar, skuleeigarar og barnehagestyresmakter utnyttar dei moglegheitene digitaliseringa gir i læringsarbeid og administrative prosessar
Utdanningsdirektoratet arbeider kontinuerleg for å auke den digitale kompetansen hos tilsette i barnehagen og grunnopplæringa, slik at dei kan utnytte dei moglegheitene digitaliseringa gir i læringsarbeid og administrative prosessar. Innsatsen gjeld mellom anna å stimulere til betre bruk av digitale læremiddel, til å utvikle dei digitale fellesløysingane i sektoren, til arbeidet med å standardisere digital læringsteknologi, til kompetansepakkar for bruk av digitale løysingar og til styrkt informasjon om personvern i sektoren.
I 2023 har det vore særskild merksemd om utviklinga av kompetanse i bruk av kunstig intelligens, personvern og universell utforming, med eigne kompetansepakkar og støtte. Arbeidet har vore forankra i strategi for digital kompetanse og infrastruktur i barnehage og skule. I arbeidet med utvikling av Feide som ei sentral fellesløysing for sektoren har direktoratet mellom anna prioritert funksjonar knytte til personvern, universell utforming og utveksling av data på ein trygg måte.
Budsjettforslag for 2025
Departementet foreslår å løyve 419 mill. kroner på posten.
Løyvinga er auka med 3 mill. kroner for å styrke direktoratets kapasitet til å følge opp dei samiske miljøa og dei samiske verksemdene, 1 mill. kroner for forvaltning av tilskot til utstyr og læringsarenaer på 5.–10. trinn og tilskot til skulemiljøteam og beredskapsteam og 0,5 mill. kroner for forvalting av tilskot til entreprenørskapsfremjande aktivitetar for ungdom.
Løyvinga er redusert med 5,1 mill. kroner på grunn av ny og rimelegare leigeavtale for direktoratets lokale i Oslo.
Departementet foreslår at løyvinga på posten kan overskridast med tilsvarande meirinntekter under kap. 3220, post 02, jf. forslag til vedtak II nr. 1.
Post 21 Særskilde driftsutgifter, kan nyttast under post 70
Løyvinga går til kostnader direktoratet har til utviklingsprosjekt og oppdragsverksemd. Hovuddelen av midlane går til å administrere sentralt gitt eksamen, inkludert utarbeiding av eksamensoppgåvene og materiell for rettleiing til sentralt gitt eksamen i grunnskulen og i vidaregåande opplæring. Forvaltning av IKT-verktøy retta mot sektorane er også finansiert over denne posten.
Mål for 2025
Målet med løyvinga er å gi rom for utviklingsprosjekt og oppdragsverksemd innanfor ansvarsområdet til Utdanningsdirektoratet.
Resultat i 2023
Våren 2023 var den første gjennomføringa av eksamen for alle elevar sidan 2019. Utdanningsdirektoratet opplevde tekniske problem hos leverandøren av systemet for gjennomføring, og dette fekk konsekvensar for gjennomføringa. Direktoratet har gjennomført tiltak som oppfølging av problema i 2023. Statsforvaltaren følger opp vidare overfor kommunar og fylkeskommunar lokalt.
Arbeidet med å utarbeide og gjennomføre nasjonale prøvar og kartleggingsprøvar blei gjennomført som planlagt. Våren 2023 gjennomførte direktoratet frivillige kartleggingsprøvar i lesing og rekning på 1. trinn, obligatoriske kartleggingsprøvar i lesing og rekning for 3. trinn og nasjonale prøvar. For omtale av resultata frå dei nasjonale prøvane, sjå del III, kap. 6 Nøkkeltal for grunnopplæringa.
Budsjettforslag for 2025
Departementet foreslår å løyve 272,4 mill. kroner på posten. Tiltak for å trygge eksamensgjennomføringa er styrkte med 15 mill. kroner, i tillegg til at midlar knytte til forvaltning er flytta til denne posten, jf. oversikta under.
Departementet foreslår følgande flyttingar av midlar til og frå posten:
20 mill. kroner til posten frå kap. 226, post 21 – flytting av midlar til forvaltningsoppgåver i Utdanningsdirektoratet til gjennomføring av eksamen
13,8 mill. kroner til posten frå kap. 226, post 21 – finansiering av tiltak som er utvikla og no er i varig forvaltning
2,1 mill. kroner frå posten til kap. 230, post 01 – overføring frå Utdanningsdirektoratet til Statped som erstattar belastningsfullmakter
Post 70 Tilskot til læremiddel o.a., kan overførast, kan nyttast under post 21
Løyvinga på posten gjeld utvikling av læremiddel.
Mål for 2025
Løyvinga på post 70 skal medverke til at det blir utvikla og produsert læremiddel der det ikkje er grunnlag for kommersiell produksjon, slik at elevane har tilgang på dei læremidla dei treng. Dette gjeld læremiddel for smale fagområde, parallellutgåver på nynorsk, særskilt tilrettelagde læremiddel, universelt utforma læremiddel og læremiddel for språklege minoritetar.
Resultat i 2023
Det blei i 2023 gitt midlar til totalt 49 nye prosjekt. Sjå fordelinga for 2023 i tabellen nedanfor, saman med fordelinga frå 2022:
Tabell 4.2 Tilskot til læremiddel over kap. 220, post 70 i 2022 og 2023
Tilskot til læremiddel | Prosjekt i 2022 | Prosjekt i 2023 |
---|---|---|
Smale fagområde | 11 | 12 |
Særskilt tilrettelagde læremiddel / pedagogisk barnehagemateriell | 5 | 9 |
Parallellutgåver på nynorsk | 18 | 18 |
Læremiddel / pedagogisk barnehagemateriell for språklege minoritetar | 5 | 10 |
Samla | 40 | 49 |
Budsjettforslag for 2025
Departementet foreslår å løyve 90 mill. kroner på posten.
Det blir foreslått ei tilsegnsfullmakt på 90 mill. kroner knytt til posten, jf. forslag til vedtak IV nr. 1.
Kap. 3220 Utdanningsdirektoratet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2023 | Saldert budsjett 2024 | Forslag 2025 |
01 | Inntekter frå oppdrag | 960 | 2 587 | 2 685 |
Sum | 960 | 2 587 | 2 685 |
Inntektene gjeld oppdragsverksemd.
Kap. 221 Foreldreutvala for grunnopplæringa og barnehagane
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2023 | Saldert budsjett 2024 | Forslag 2025 |
01 | Driftsutgifter | 16 990 | 17 012 | 17 492 |
Sum kap. 221 | 16 990 | 17 012 | 17 492 |
Post 01 Driftsutgifter
Foreldreutvalet for barnehagar (FUB) og Foreldreutvalet for grunnopplæringa (FUG) er sjølvstendige rådgivande organ for Kunnskapsdepartementet og Utdanningsdirektoratet. Løyvinga gjeld drift av utvala og det felles sekretariatet deira. Nye foreldreutval blei utnemnde i desember 2023 for fireårsperioden 2024–2027.
Mål for 2025
FUB og FUG skal fremje eit godt samarbeid mellom barnehage/skule og heim og ta vare på interessene til foreldra i barnehage- og skulesamanheng.
Mål for verksemda til foreldreutvala i 2025 er:
Foreldreutvala og sekretariatet gir råd og innspel til Kunnskapsdepartementet og Utdanningsdirektoratet i saker som gjeld samarbeid mellom barnehage/skule og heim.
Foreldreutvala og sekretariatet gir informasjon og rettleiing om samarbeid mellom barnehage/skule og heim.
Foreldreutvala og sekretariatet samarbeider med relevante aktørar i saker som gjeld samarbeid mellom barnehage/skule og heim.
Resultat i 2023
Foreldreutvala hadde høg aktivitet i 2023. Utvala jobba målretta for sine synspunkt og saker. Dei gav råd og høyringssvar til departement og direktorat, og dei har gitt tydelege tilbakemeldingar om saker foreldre har vore opptekne av. FUB har hatt særleg merksemd på bemanninga i barnehagane og tiltak for eit trygt og godt miljø i barnehagane. FUG har vore oppteken av å gi innspel til ny opplæringslov og tiltak for utbetring av skulebygg. Utvala har vidare jobba med å utvikle kunnskapsgrunnlaget, gjennomføre foreldreundersøkingar og vidareutvikle og gjere heimesidene sine kjende, og for at opplæring i foreldresamarbeid skal integrerast som eige tema i lærarutdanningane.
Budsjettforslag for 2025
Kunnskapsdepartementet vil halde oppe eit rådgivande organ og ein høyringsinstans på nasjonalt nivå som sikrar at foreldre blir høyrde i aktuelle barnehage- og skulepolitiske saker. Departementet foreslår å vidareføre ordninga med nasjonale foreldreutval og løyve 17,5 mill. kroner på posten.
Kap. 222 Statlege skular og fjernundervisningstenester
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2023 | Saldert budsjett 2024 | Forslag 2025 |
01 | Driftsutgifter | 138 167 | 147 146 | 156 701 |
45 | Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast | 2 338 | 1 900 | 1 986 |
Sum kap. 222 | 140 505 | 149 046 | 158 687 |
Post 01 Driftsutgifter og post 45 Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast
Løyvingane på kapittelet gjeld:
drift av Sørsamisk kunnskapspark i Hattfjelldal
drift av Samisk vidaregåande skule i Karasjok og Samisk vidaregåande skule og reindriftsskule i Kautokeino
Etatsstyringa av dei samiske vidaregåande skulane og Sørsamisk kunnskapspark er delegert til Utdanningsdirektoratet, som òg er skuleeigar.
Mål for 2025
Målet med løyvinga er å medverke til å utvikle samisk identitet, språk og kultur.
Resultat i 2023
Sørsamisk kunnskapspark
Sørsamisk kunnskapspark har eit særleg ansvar for å tilby undervisning i sørsamisk gjennom samlingar og fjernundervisning. Kunnskapsparken kan òg tilby fjernundervisning for elevar som har rett til språkopplæring i nord- og lulesamisk, men som ikkje har tilbod om språkopplæring i eigen kommune. Hausten 2023 var det 129 elevar som fekk samisk som fjernundervisning ved kunnskapsparken, mot 147 elevar året før. Det er ein auke i elevar i sørsamisk, og ein reduksjon i elevar i dei andre samiske språka.
Samiske vidaregåande skular
Dei samiske vidaregåande skulane er opne for elevar frå heile landet og har både heiltids- og deltidselevar. Begge skulane har eit særleg ansvar for å gi undervisning på og i samisk. Skulane gir òg fjernundervisning i samisk.
I skuleåret 2023–24 hadde Samisk vidaregåande skule i Karasjok 87 elevar. I tillegg fekk 34 elevar fjernundervisning. Samisk vidaregåande skule og reindriftsskule i Kautokeino hadde 86 elevar i skuleåret 2023–24. I tillegg fekk 19 elevar fjernundervisning.
Budsjettforslag for 2025
Departementet foreslår å løyve 156,7 mill. kroner på post 01 og 2 mill. kroner på post 45.
I statsbudsjettet for 2022 blei det gitt ei startløyving for å bygge eit samlokalisert bygg for Det Samiske Nasjonalteateret Beaivváš og Samisk vidaregåande skule og reindriftsskule i Kautokeino. Skulen overtok bygget i juni 2024, og elevane starta opp skuleåret 2024–25 i dei nye lokala. Departementet vil kompensere skulen for heile auken i husleige for det nye bygget og foreslår derfor å auke løyvinga på post 01 med 1,5 mill. kroner. Departementet foreslår å auke løyvinga med ytterlegare 0,8 mill. kroner i 2025 som følge av auka driftskostnader for skulen i det nye bygget.
Dei samiske verksemdene som får driftsløyving over posten, har fått auka inntekter frå fjernundervisning i samisk dei siste åra. Derfor foreslår departementet å auke løyvinga med 3,1 mill. kroner mot ein tilsvarande auke i inntekter under kap. 3222, post 02.
Departementet foreslår at løyvinga på post 01 kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3222, post 02, jf. forslag til vedtak II nr. 1.
Kap. 3222 Statlege skular og fjernundervisningstenester
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2023 | Saldert budsjett 2024 | Forslag 2025 |
02 | Salsinntekter o.a. | 22 902 | 21 909 | 25 842 |
Sum kap. 3222 | 22 902 | 21 909 | 25 842 |
Post 02 gjeld inntekter frå mellom anna kurs og vaksenopplæring, sal frå kantine, hybelutleige og betaling frå heimeskulane for fjernundervisning. Departementet foreslår å auke løyvinga med 3,1 mill. kroner som følge av auka inntekter frå fjernundervisning.
Kap. 223 Diamanten skole
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2023 | Saldert budsjett 2024 | Forslag 2025 |
01 | Driftsutgifter | 26 066 | 28 603 | 29 416 |
45 | Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast | 411 | 380 | 397 |
Sum kap. 223 | 26 477 | 28 983 | 29 813 |
Mål for 2025
Målet med løyvinga til Diamanten skole er å medverke til at døvblinde barn og unge har eit tilrettelagt opplæringstilbod og får sjansen til å vere aktive deltakarar i eiga læring og utvikling.
Skulen skal flytte internt i Oslo hausten 2025, frå Oppsal til Statpeds lokale på Hovseter, dette for å få meir eigna lokale for elevane og betre kopling til Statpeds fagmiljø elles i Oslo.
Resultat i 2023
Statped driv Diamanten skole i Oslo, som gir grunnskuleundervisning og vidaregåande opplæring til døvblinde elevar. Skulen har eit tak på ti elevplassar og hadde ni elevar ved utgangen av 2023. Opplæringa er individuelt tilpassa føresetnadene og behova til den einskilde eleven og legg særleg vekt på kommunikasjon, informasjonstileigning og mobilitet.
Budsjettforslag for 2025
Departementet foreslår å løyve 29,4 mill. kroner på post 01 og 0,4 mill. kroner på post 45.
Departementet foreslår at løyvinga på post 01 kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3223, post 02, jf. forslag til vedtak II nr. 1.
Kap. 3223 Diamanten skole
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2023 | Saldert budsjett 2024 | Forslag 2025 |
02 | Salsinntekter o.a. | 980 | 715 | 742 |
Sum kap. 3223 | 980 | 715 | 742 |
Post 02 gjeld inntekter frå refusjonar.
Kap. 224 Tilskot til freds- og menneskerettssenter
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2023 | Saldert budsjett 2024 | Forslag 2025 |
70 | Freds- og menneskerettssenter | 116 786 | 138 926 | 173 927 |
71 | Det europeiske Wergelandsenteret | 12 260 | 12 772 | 20 757 |
Sum kap. 224 | 129 046 | 151 698 | 194 684 |
Kunnskapsdepartementet gir tilskot til åtte freds- og menneskerettssenter. Sentera er uavhengige stiftingar.
Post 70 Freds- og menneskerettssenter
Posten omfattar driftstilskot til desse freds- og menneskerettssentera:
Senter for studier av Holocaust og livssynsminoriteter (HL-senteret) (Oslo)
Falstadsenteret (Ekne i Trøndelag)
Arkivet freds- og menneskerettighetssenter (Kristiansand)
Nansen Fredssenter (Lillehammer)
Narviksenteret
Raftostiftelsen (Bergen)
Stiftelsen 10. august (Oslo)
Løyvinga omfattar òg eit tilskot til Raftostiftelsen for utbygging og oppgradering av Raftohuset.
Mål for 2025
Freds- og menneskerettssentera skal dokumentere, forske på og formidle om demokrati, fred og menneskerettar, fangehistorie og folkemord. Aktiviteten til sentera er mellom anna retta mot grunnopplæringa.
Dei einskilde sentera har særskilde nasjonale eller regionale oppgåver som er nærare definerte i tilskotsbreva til sentera.
Resultat i 2023
Det har også i 2023 vore stor aktivitet ved alle sentera. Om lag 50 000 elevar frå ungdomsskular og vidaregåande skular deltok i undervisningstilboda til freds- og menneskerettssentera i 2023, tilsvarande som i 2022. Alle sentera rapporterer om auka etterspurnad etter tilboda deira, inkludert kurstilbodet Demokratisk beredskap mot rasisme, antisemittisme og udemokratiske holdninger (Dembra). Det har òg vore ei satsing på digitale læringstilbod ved alle sentera. Samla besøkte om lag 148 000 personar sentera i 2023, og fleire av dei rapporterer om rekordhøge besøkstal.
Arbeidet med å styrke dokumentasjon, forsking og oppdatering av ulike nasjonale register blei vidareført. I tillegg til undervisningstilbod blei det gjennomført ei rekke utstillingar, arrangement og markeringar ved alle sentera, mellom anna på holocaustdagen. Sentera markerte ti år med Dembra med konferansar ved seks freds- og menneskerettssenter og ein nasjonal avslutningskonferanse.
HL-senteret hadde i 2023 stor aktivitet, med mange besøkande og arrangement og ei rekke forskingspublikasjonar. Senteret inngjekk ein ny rammeavtale med UD og ein langsiktig avtale med UiO. Dei starta opp arbeidet med ei ny utstilling om holocaust og utvikla i 2023 nye læremiddel, mellom anna som støtte til skular og lærarar etter krigsutbrotet i Gaza. Benjaminprisen vart i 2023 tildelt Stigeråsen skule i Skien.
Falstadsenteret hadde i 2023 meir aktivitet retta mot ungdomsskulane, medan besøk frå vidaregåande skular er på eit stabilt høgt nivå. Senteret har auka undervisningsaktivitet i Møre og Romsdal og på Helgeland, mellom anna med skuleretta tilbod om livet til menneske frå det einskilde lokalsamfunn under krigen. Minnestadene rundt Falstad leir er i 2023 utvikla vidare.
Arkivet freds- og menneskerettighetssenter har hatt fokus på utvikling og formidling av kunnskap, og dei har lagt ned ein stor innsats i arbeidet med barn og unge. Fagdag for vidaregåande skule er etablert som eit populært tilbod i 2023. Gjennom ungdomstilboda Fredag på ARKIVET og Blanke Ark har Arkivet freds- og menneskerettighetssenter også nådd ungdom på andre arenaer. I 2023 vart dessutan det digitale fangearkivet, fanger.no, utvikla vidare.
Nansen Fredssenter er eit kunnskapssenter og ein møteplass for freds- og dialogarbeid. Dilemma i krig og fred stod sentralt i arbeidet på senteret gjennom 2023. På Nansenseminaret i juni vart det sett søkelys på dilemma som oppstod etter Russlands angrepskrig mot Ukraina.
Narviksenteret hadde også i 2023 ein stor auke i talet på besøkande og deltakarar i undervisningsaktivitet. Narvik krigsmuseum opna ei ny utstilling, Åpent magasin.
Raftostiftelsen gjennomførte mange prosjekt og hadde høgt aktivitetsnivå i 2023. Defence for Children International – Palestine (DCIP) fekk Raftoprisen 2023. Stiftinga følger og støttar tidlegare prismottakarar, slik at desse kan halde fram arbeidet sitt.
Budsjettforslag for 2025
Departementet foreslår å løyve 173,9 mill. kroner på posten.
I statsbudsjettet for 2024 auka Stortinget løyvinga med 3 mill. kroner, fordelt likt på Falstadsenteret og Arkivet freds- og menneskerettighetssenter. Departementet foreslår å vidareføre auken i statsbudsjettet for 2025.
I revidert budsjett for 2024 vart det løyvd 2,9 mill. kroner på posten til ei stilling ved kvart av freds- og menneskerettssentra til å utvide det pedagogiske tilbodet og arbeid med Dembra. Løyvinga, som følger opp Ekstremismekommisjonen, får heilårseffekt i 2025, og departementet foreslår derfor å auke løyvinga med 6 mill. kroner.
I statsbudsjettet for 2024 løyvde Stortinget 15 mill. kroner til utviding og oppgradering av Raftohuset i Bergen, jf. Innst. 12 S (2023–2024). Prosjektet har ei kostnadsramme på 85 mill. kroner. Departementet foreslår å løyve 35 mill. kroner til prosjektet i 2025. Det blir òg foreslått ei tilsegnsfullmakt på 85 mill. kroner knytt til prosjektet, jf. vedtak IV nr. 1.
Stiftelsen 10. august har frå 2021 fått prosjektstøtte over kap. 226, post 21 til å etablere eit minne- og læringssenter der skuleelevar, studentar og andre besøkande kan lære om terrorangrepet på Al-Noor Islamic Center i 2019, og hat og terror mot muslimar. Departementet foreslår å flytte tilskotet på 4 mill. kroner frå kap. 226, post 21 til denne posten.
Tabell 4.3 Tilskot til freds- og menneskerettssenter
(i 1 000 kr) | |
---|---|
Senter for studier av Holocaust og livssynsminoriteter | 47 476 |
Falstadsenteret | 31 005 |
Arkivet freds- og menneskerettighetssenter | 22 456 |
Nansen Fredssenter | 10 704 |
Narviksenteret | 13 665 |
Raftostiftelsen | 44 621 |
Stiftelsen 10. august | 4 000 |
Sum | 173 927 |
Post 71 Det europeiske Wergelandsenteret
Det europeiske Wergelandsenteret (EWC) samarbeider med Europarådet om opplæring i interkulturell forståing, menneskerettar og aktivt medborgarskap, jf. Innst. S. nr. 9 (2008–2009) og St.prp. nr. 86 (2007–2008) Om samtykke til inngåelse av samarbeidsavtale av 16. september 2008 mellom Norge og Europarådet om Det europeiske ressurssenteret for opplæring i interkulturell forståelse, menneskerettigheter og demokratisk medborgerskap.
Mål for 2025
Tilskotet skal bidra til at Wergelandsenteret kan vere eit ressurssenter for opplæring på områda interkulturell forståing, menneskerettar og aktivt medborgarskap for ulike målgrupper som arbeider på utdanningsfeltet.
Resultat i 2023
I 2023 markerte senteret 15-årsjubileum. Senteret er ein viktig rådgivar for Europarådet på utdanningsfeltet, som også bruker senteret aktivt i arbeid med demokrati og medborgarskap. Senteret hadde 24 prosjekt i 15 land og reknar at dei direkte eller indirekte har nådd over 70 000 personar. Blant dei viktigaste prosjekta er eit i Ukraina der EWC frå 2013 har hatt eit stort prosjekt med å styrke demokratiske reformer i utdanningssektoren. Arbeidet er meir omfattende etter krigsutbrotet i 2022, og senteret er ei partnar i Nansen-programmet, jf Meld. St. 8 (2023–2024).
I tillegg er EWC ansvarleg for læringstilbodet om 22. juli og demokratisk medborgarskap, i samarbeid med 22. juli-senteret, Raftostiftelsen og Utøya AS. I 2023 blei det arrangert ti samlingar for elevar og lærarar på Utøya der det deltok 234 elevar frå 69 forskjellige skular, som igjen hadde elevstyrt aktivitet som nådde rundt 8 000 personar etter at dei kom heim. I tillegg blei det arrangert kurs for lærarar og lærarstudentar. Kunnskapsdepartementet bidrog med 5 mill. kroner i prosjektmidlar til læringstilbodet i 2023, jf. kap. 226, post 21.
Budsjettforslag for 2025
Departementet foreslår å løyve 20,8 mill. kroner på posten.
I revidert budsjett for 2024 vart senteret styrkt med ei stilling til å utvide det pedagogiske tilbodet. Auken følger opp tilrådinga frå Ekstremismekommisjonen og får heilårseffekt i 2025. Departementet foreslår derfor å auke løyvinga med 1 mill. kroner.
EWC har frå 2019 fått eit tilskot over kap. 226, post 21 til læringstilbodet om 22. juli og demokratisk medborgarskap, som dei held i samarbeid med 22. juli-senteret, Utøya AS og Raftostiftelsen. Departementet foreslår å flytte tilskotet på 6,5 mill. kroner frå kap. 226, post 21 til denne posten.
Kap. 225 Tiltak i grunnopplæringa
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2023 | Saldert budsjett 2024 | Forslag 2025 |
01 | Driftsutgifter | 27 233 | 23 958 | 29 615 |
21 | Særskilde driftsutgifter | 117 009 | 135 961 | 141 128 |
60 | Tilskot til landslinjer | 256 155 | 271 989 | 285 337 |
61 | Rentekompensasjon for investeringar i læringsarenaer og større utstyr som bidreg til meir praktisk og variert opplæring | 15 000 | 80 000 | |
63 | Tilskot til samisk i grunnopplæringa | 112 386 | 125 171 | 114 179 |
64 | Tilskot til opplæring av barn og unge som søker opphald i Noreg | 213 640 | 368 482 | 375 924 |
65 | Rentekompensasjon for skule- og symjeanlegg | 290 245 | 280 000 | 314 000 |
66 | Tilskot til skuleturar i samband med handlingsplan mot antisemittisme | 16 161 | 16 935 | 17 595 |
67 | Tilskot til opplæring i kvensk eller finsk | 6 989 | 9 846 | 9 665 |
68 | Tilskot til opplæring i kriminalomsorga | 326 331 | 341 241 | 362 249 |
69 | Tiltak for fullføring og kvalifisering i vidaregåande opplæring | 980 155 | 888 117 | 904 017 |
74 | Prosjekttilskot | 4 668 | 10 064 | 12 946 |
75 | Grunntilskot | 103 984 | 108 316 | 112 451 |
Sum kap. 225 | 2 454 956 | 2 595 080 | 2 759 106 |
Post 01 Driftsutgifter og post 21 Særskilde driftsutgifter
Løyvinga på post 01 finansierer dei kostnadene som statsforvaltarane har ved å administrere sentralt gitt eksamen i grunnskulen og i vidaregåande opplæring, inkludert samlingar for sensorar.
Løyvinga på post 21 dekker utgifter til lærarar som har teke på seg sensoroppdrag ved sentralt gitt eksamen (sensur og klagebehandling). Statsforvaltaren utbetaler midlane.
Utarbeiding av sentralt gitt eksamen og digitale prøve- og eksamenstenester blir finansiert av løyvinga på kap. 220, post 21.
Mål for 2025
Målet med løyvingane er å bidra til å sikre at det blir gjennomført sentralt gitt eksamen i grunnskulen og i vidaregåande opplæring.
Resultat i 2023
Våren 2023 vart det teke 74 600 eksamenar i grunnskulen, av desse var 1 300 frå grunnskuleopplæring for vaksne. I vidaregåande opplæring vart det teke 174 100 sentralt gitte eksamenar. Om lag 82,6 pst. var eleveksamenar og 17,4 pst. var privatisteksamenar. Om lag 70 pst. vart tekne i ny gjennomføringsløysing, medan 30,1 pst. vart tekne i den gamle.
Hausten 2023 vart det teke til saman 32 800 sentralt gitte eksamenar i vidaregåande opplæring. 83,7 pst. var privatisteksamenar, medan dei andre vart tekne av elevar med rett til enten særskild, utsett eller ny eksamen.
Budsjettforslag for 2025
Departementet foreslår å løyve 29,6 mill. kroner på post 01 og 141,1 mill. kroner på post 21.
I revidert budsjett for 2024 vart løyvinga på post 01 auka med 5 mill. kroner som følge av auka utgiftsbehov til mellom anna skulering av sensorar. Departementet foreslår å vidareføre auken i statsbudsjettet for 2025.
Post 60 Tilskot til landslinjer
Tilskotet går til fylkeskommunar med landslinjer, til drift av landslinjene og til innkjøp av utstyr.
Landslinjeordninga omfattar eit breitt spekter av utdanningstilbod, frå særleg små tilbod som berre finst éin stad i landet, til særleg utstyrskrevjande tilbod som finst fleire stadar. Ordninga skal bidra til å dekke kompetansebehov i arbeidslivet.
Østfold fylkeskommune har i 2024 søkt om å etablere eit nytt landslinjetilbod i flyfag frå 2026 eller 2027. Søknaden gjeld maksimalt 56 elevplassar totalt på Vg2 og Vg3 når tilbodet er bygd ut. Det er i utgangspunktet eit krav i retningslinjene for ordninga at alle fylkeskommunar skal støtte nye landslinjer. Det er ei rekke fylkeskommunar som ikkje støttar søknaden. Desse uttrykker mellom anna bekymring for tilgangen på læreplassar og at eit nytt landlinjetilbod kan svekke eksisterande fagmiljø i andre fylke. Samstundes kan kravet fråvikast om tilbodet dekker nasjonale kompetansebehov som er særleg viktige. Fagleg råd for elektro og datateknologi har uttalt at det er eit dokumentert behov for utdanningstilbodet i regionen, og at søknaden gir eit godt grunnlag for flyutdanninga. Utdanningsdirektoratet meiner søknaden ligg innanfor formålet med ordninga og kriteriet nasjonale kompetansebehov som er særleg viktige. Udir tilrår derfor at søknaden frå Østfold fylkeskommune blir godkjend. Kunnskapsdepartementet støttar vurderinga til direktoratet. Departementet tek derfor sikte på at det blir oppretta eit nytt landslinjetilbod i flyfag i Østfold fylkeskommune i 2026 eller 2027, med atterhald om Stortingets årlege budsjettvedtak.
Mål for 2025
Målet med tilskotsordninga er at elevar frå heile landet kan få eit nasjonalt tilbod i små og/eller kostbare kurs i vidaregåande opplæring.
Resultat i 2023
I skuleåret 2023–24 var det 1 802 heilårsplassar fordelte på 54 landslinjetilbod. Hausten 2023 brukte fylkeskommunane om lag 78 pst. av kapasiteten ved alle landslinjene. Utnyttinga av kapasiteten har dei siste åra gått noko ned.
Budsjettforslag for 2025
Departementet foreslår å løyve 285,3 mill. kroner på posten.
Departementet foreslår å auke løyvinga med 2,7 mill. kroner til våreffekt av Vg3-tilbodet for landslinja i flyfag i Trøndelag ved Fosen videregående skole. Auken blir motsvart av ein tilsvarande reduksjon i rammetilskotet til fylkeskommunane.
Post 61 Rentekompensasjon for investeringar i læringsarenaer og større utstyr som bidreg til meir praktisk og variert opplæring
Det er innført ei åtteårig rentekompensasjonsordning til kommunane for investeringar i læringsarenaer og større utstyr som bidreg til meir praktisk og variert opplæring. Tiltaket skal bidra til å nå hovudmålet i meldinga om 5.–10. trinn som er lagd fram for Stortinget, og må sjåast i samanheng med tilskotet til ein meir praktisk skule på 5.–10. trinn som departementet foreslår å løyve over kap. 226, post 63. Regjeringa tek sikte på at rentekompensasjonsordninga skal ha ei total ramme på 8 mrd. kroner.
Mål for 2025
Målet med ordninga er å stimulere til kommunale investeringar i læringsarenaer og større utstyr som bidreg til meir praktisk og variert opplæring.
Budsjettforslag for 2025
Departementet foreslår å løyve 80 mill. kroner på posten.
Løyvinga aukar fordi departementet foreslår å auke investeringsramma frå 1 til 2 mrd. kroner jf. forslag til vedtak IX, at renteføresetnaden for ordninga i 2025 aukar til 4 pst. og fordi ordninga blei innført frå 1. august 2024 noko som gir ein heilårsverknad i 2025.
Løyvinga skal nyttast til å innfri tilsegner om rentekompensasjon som er gitt eller blir gitt i 2024 og 2025.
Post 63 Tilskot til samisk i grunnopplæringa
Under denne posten er det tre tilskotsordningar:
tilskot til samiskopplæring i grunnskulen
tilskot til samiskopplæring i vidaregåande opplæring
tilskot til studiepermisjonar for vidareutdanning i samisk for lærarar i grunnopplæringa og rekrutteringsstipend for lærarstudentar
Berekningsreglane for tilskot til samiskopplæring i grunnskulen og vidaregåande opplæring er lagde om frå 2023, jf. Prop. 1 S (2023–2024) for Kunnskapsdepartementet.
Mål for 2025
Tilskotet skal bidra med finansiering til kommunar, fylkeskommunar og private skular som tilbyr samiskopplæring i samsvar med § 3-2 og § 6-2 i opplæringslova. Tilskotet skal òg bidra til at lærarar får vidareutdanning i samiske språk, og at lærarstudentar tek utdanning i samiske språk.
Resultat i 2023
Det var ein stor auke i talet på elevar med samisk språk i grunnskulen frå 2022 til 2023, jf. tabellen under.
Tabell 4.4 Talet på grunnskuleelevar med samisk som første- og andrespråk
Skuleår | 2013–14 | 2020–21 | 2021–22 | 2022–23 | 2023–24 |
---|---|---|---|---|---|
Samisk som førstespråk | 916 | 1 011 | 1 009 | 994 | 1 036 |
Samisk som andrespråk | 1 210 | 1 511 | 1 483 | 1 552 | 1 726 |
Totalt | 2 126 | 2 522 | 2 492 | 2 546 | 2 762 |
Endring frå året før (pst.) | 0 | 5 | –1,2 | 2 | 8,5 |
Kjelde: Grunnskulens informasjonssystem (GSI), Utdanningsdirektoratet
I tilskotsordninga til samisk i vidaregåande opplæring blei det i 2023 utbetalt tilskot for i alt 410 elevar. Det er 47 fleire enn i 2022.
I 2023 blei det utbetalt om lag 3 mill. kroner til studiepermisjonar for vidareutdanning i samisk for lærarar i grunnopplæringa og til stipend for lærarstudentar, mot 1,2 mill. kroner i 2022 og 1,6 mill. kroner i 2021.
Budsjettforslag for 2025
Departementet foreslår å løyve 114,2 mill. kroner på posten.
I samband med omlegginga av tilskotsmodellen for opplæring i samisk i statsbudsjettet for 2023 er elevtalsrapporteringa i Grunnskulens informasjonssystem (GSI) per 1. oktober grunnlaget for tilskotsberekninga for grunnskulen for haust- og vårsemesteret. Elevtala blir endelege først i midten av desember. Dette skaper utfordringar for budsjettering av tilskot i nysalderinga av budsjettet og tidspress for kvalitetssikring av tilskotet for haustsemesteret i systema til Utdanningsdirektoratet før 31. desember. Departementet foreslår derfor å endre utbetalingspraksisen for haustsemesteret ved at tilskotet blir utbetalt i januar, i staden for i desember, frå skuleåret 2025–26. I innføringsåret er det behov for ei eittårig nedjustering som følge av faseforskyvinga av tilskotet, og departementet foreslår derfor å redusere løyvinga med 30 mill. kroner.
I løyvinga inngår òg ein auke på 14,1 mill. kroner som følge av at det er lagt til grunn ein auke i talet på elevar som får opplæring i samisk.
Post 64 Tilskot til opplæring av barn og unge som søker opphald i Noreg
Løyvinga skal finansiere opplæring av barn og unge som søker opphald i Noreg. Dette omfattar asylsøkarar og personar som søker om familiesameining. Løyvinga inkluderer tilskot til tre grupper:
barn og unge til og med 15 år som har rett og plikt til grunnskuleopplæring
ungdom mellom 15 og 18 år som søker opphald, og som har rett til grunnskuleopplæring
ungdom mellom 15 og 18 år som søker opphald, og som har rett til vidaregåande opplæring
Tilskotsordninga er avgrensa til dei som bur på mottak/omsorgssenter eller oppheld seg lovleg i landet medan dei ventar på å få avgjort søknad om opphaldsløyve. For tilskot til ungdom mellom 15 og 18 år er det statsforvaltaren som forvaltar tilskotet til kommunane og fylkeskommunane. Statsforvaltaren har rapportert om at det er krevande for kommunane og fylkeskommunane å identifisere målgruppa for tilskotsordninga. Det tas derfor sikte på at Udir frå og med 2025 trekk tilbake forvaltninga av ordninga. Direktoratet forvaltar frå før tilskot til barn og unge til og med 15 år.
Mål for 2025
Tilskotet skal bidra til at barn og unge som søker opphald i Noreg, får grunnskuleopplæring og vidaregåande opplæring, jf. opplæringslova § 2-1 andre ledd, § 2-2 andre ledd og § 5-9.
Resultat i 2023
Tilskotet for 2023 finansierte opplæring i skuleåret 2022–23. Som eit gjennomsnitt for månadene i skuleåret 2022–23 blei det gitt grunnskuleopplæring til 1 730 barn som budde i mottak/omsorgssenter eller som budde privat, mot 1 483 i 2021–22. Auken kjem i stor grad som følge av fordrivne frå Ukraina. Skuleåret 2022–23 var det – i gjennomsnitt for månadene i skuleåret – 32 elevar i aldersgruppa 16–18 år som fekk vidaregåande opplæring. Det er ein auke med 7 elevar frå skuleåret 2021–22.
Budsjettforslag for 2025
Departementet foreslår å løyve 375,9 mill. kroner på posten. Løyvinga er redusert med 6,9 mill. kroner som følge av ein venta reduksjon i talet på elevar som utløyser tilskotet.
Post 65 Rentekompensasjon for skule- og symjeanlegg
Mål for 2025
Løyvinga skal nyttast til å innfri tilsegner om rentekompensasjon som er gitt i perioden 2002–2016. Målet med ordninga var å stimulere kommunar og fylkeskommunar til å bygge nye skule- og symjeanlegg og rehabilitere og ruste opp eksisterande anlegg.
Resultat i 2023
Det blei utbetalt 290,2 mill. kroner i rentekompensasjon for skule- og symjeanlegg i 2023.
Budsjettforslag for 2025
Departementet foreslår å løyve 314 mill. kroner på posten.
Renteføresetnaden for ordninga i 2025 på 4 pst. er auka frå 3 pst. for saldert budsjett for 2024. Det bidreg til ein auke av løyvinga på 34 mill. kroner.
Post 66 Tilskot til skuleturar i samband med handlingsplan mot antisemittisme
Posten gjeld tilskot til skuleturar for ungdom i alderen 12–16 år til tidlegare konsentrasjonsleirar og minnestadar frå den andre verdskrigen, innanlands eller utanlands. Tilskot til desse skuleturane er eitt av tiltaka i Handlingsplan mot antisemittisme 2021–2023 – en videreføring.
Mål for 2025
Målet med tilskotsordninga er å stimulere til at skuleeigarar, skular og foreldregrupper organiserer turar til tidlegare konsentrasjonsleirar eller minnestadar frå den andre verdskrigen for elevar på ungdomstrinnet og i vidaregåande opplæring.
Resultat i 2023
Det blei for skuleåret 2022–23 gitt tilskot til 82 ulike turarrangørar for 17 853 elevar i ungdomsskule og vidaregåande opplæring, mot 40 arrangørar og 12 672 elevar i ungdomsskulen i skuleåret 2021–22. Talet på deltakarar er no tilbake på same nivå som før åra som var prega av covid-19-pandemien og reiserestriksjonar. Alle søknader som fylte kriteria i tilskotsordninga, fekk tilskot. Det er i stor grad private aktørar som tilbyr denne typen turar.
Budsjettforslag for 2025
Departementet foreslår å løyve 17,6 mill. kroner på posten. Ein mindre del av løyvinga skal gå til evaluering av tilskotsordninga.
Post 67 Tilskot til opplæring i kvensk eller finsk
Under denne posten er det tre tilskotsordningar:
ei tilskotsordning for opplæring i kvensk eller finsk som andrespråk i grunnskulen
ei tilskotsordning for opplæring i kvensk eller finsk som andrespråk i vidaregåande opplæring
ei ordning med studiepermisjonar for vidareutdanning i kvensk eller finsk for lærarar i grunnskulen
Mål for 2025
Målet med løyvinga er å bidra til at elevar med kvensk/norskfinsk bakgrunn i Troms og Finnmark får opplæring i kvensk eller finsk som andrespråk ved kommunale og private grunnskular i samsvar med rettane som går fram av § 3-3 i opplæringslova. Vidare er målet med løyvinga å bidra til at elevar og lærlingar med kvensk/norskfinsk bakgrunn får opplæring i kvensk eller finsk ved fylkeskommunale og private vidaregåande skular. Det er òg eit mål å styrke kompetansen i kvensk og finsk for lærarar i grunnskulen.
Resultat i 2023
Talet på elevar i Troms og Finnmark som vel kvensk eller finsk som andrespråk i grunnskulen, har gått ned dei siste åra. Skuleåret 2023–24 var det ein auke på 35 elevar samanlikna med 2022–23. Totalt 382 elevar i grunnskulen blei underviste i kvensk eller finsk som andrespråk hausten 2023. Våren 2023 var det i alt 24 elevar som fekk opplæring i kvensk eller finsk i vidaregåande opplæring, mot 25 elevar i 2022. Det blei innvilga tilskot til 1 studieheimel for vidareutdannig i kvensk/finsk i 2023, mot 1,9 i 2022.
Budsjettforslag for 2025
Departementet foreslår å løyve 9,7 mill. kroner på posten. Departementet foreslår å redusere løyvinga med 0,6 mill. kroner som følge av nytt anslag for talet på elevar som vil få opplæring kvensk eller finsk.
Post 68 Tilskot til opplæring i kriminalomsorga
Innsette i fengsel har rett til opplæring under soning av straff. Tilskotet skal bidra til at dei innsette får den opplæringa dei har krav på. Fylkeskommunane har ansvaret for opplæringa i norske fengsel, og dei vidaregåande skulane står for gjennomføringa.
Fylkeskommunar med særskilde oppgåver på området får tilskot for tilbod som ungdomseiningar, oppfølgingsklassar, eining for tilbakeføring gjennom arbeid, fritid og utdanning (TAFU), eining for narkotikaprogram med domstolskontroll (ND) og den felles IKT-løysinga Desktop for skulen (DFS).
Mål for 2025
Målet med tilskotsordninga er at innsette som ikkje har fullført grunnskulen eller vidaregåande opplæring, og som har rett til og ønsker slik opplæring, får det. Oppfølgingsklassane skal bidra til at lauslatne skal kunne fullføre opplæring som er byrja under soning. Opplæringa skal bli gitt etter læreplanverket for Kunnskapsløftet 2020 og opplæring i grunnleggande ferdigheiter.
Resultat i 2023
Det er opplæringstilbod for innsette i alle fengsla i Noreg. Om lag 40 pst. av dei innsette tok del i opplæring i 2023, tilnærma det same som i 2022. I hovudsak følger opplæringa læreplanplanverket for vidaregåande opplæring, i stor grad for fag i yrkesfaglege utdanningsprogram. I samarbeid med kriminalomsorga gir skulane også opplæringstilbod for å stimulere innsette til å kome i gang med grunnskule og/eller vidaregåande opplæring, kategorisert som «anna opplæring» i tabellen under. Skulane samarbeider med kriminalomsorga for å legge til rette for dei innsette som ønsker å ta fatt på høgare utdanning.
At innsette har tilgang til eigna IKT-verktøy, er avgjerande for å kunne oppfylle rettane innsette har til opplæring, men også for å oppfylle mål om å motverke utanforskap og bidra til god tilbakeføring til samfunnet.
Statsforvaltaren i Vestland og Kriminalomsorgsdirektoratet samarbeider med fylkeskommunane for å betre tilgangen til bruk av IKT og digitale verktøy for opplæring i fengsel for å kunne oppfylle rettane innsette har til opplæring under soning. Digital skule er eit prosjekt som er starta for å kunne utvikle ei ny digital plattform for undervisning i norske fengsel. Piloten UTVEI blei starta våren 2023 i Mandal videregående skole avdeling Mandal fengsel. Målet er at dette skal bli ei løysing som alle innsette som deltek i opplæring kan nytte i opplæringa.
Helsedirektoratet, Arbeids- og velferdsdirektoratet, Utdanningsdirektoratet, Husbanken og Kriminalomsorgsdirektoratet har laga ein plan for oppfølging av undersøkinga til Riksrevisjonen, jf. Dokument 3:4 2022–2023.
Omfanget av opplæring på heiltid har hatt ein sterk vekst dei siste to åra. Det er samstundes registrert ein svak nedgang i omfanget av opplæring på deltid i 2023 samanlikna med 2022.
Tabell 4.5 Tal på elevar/deltakarar i fengsel og oppfølgingsklassar og tilbakeføringsprogram, gitt i totaltal og gjennomsnitt, fordelte etter opplæringstype
2022 | 2023 | |||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Heiltid | Deltid | Heiltid | Deltid | |||||
Reg. elevar1 | Snitt2 | Reg. elevar | Snitt | Reg. elevar | Snitt | Reg. elevar | Snitt | |
Grunnskule | 11 | 1 | 57 | 24 | 6 | 2 | 48 | 15 |
Vidaregåande skule | 207 | 132 | 2 548 | 680 | 338 | 70 | 2 355 | 636 |
Korte opplæringstilbod3 | 113 | 17 | 1 762 | 315 | 235 | 14 | 1 605 | 303 |
Anna opplæring | 42 | 4 | 1 022 | 178 | 68 | 10 | 929 | 165 |
Sum | 373 | 154 | 5 389 | 1 197 | 647 | 96 | 4 937 | 1 122 |
Fagskule4 | 24 | 3 | -- | -- | 30 | 7 | -- | -- |
Høgskule/universitet4 | 129 | 59 | -- | -- | 144 | 62 | -- | -- |
1 Reg. elevar vil seie kor mange som har fått opplæring i løpet av kalenderåret.
2 Snitt vil seie gjennomsnittleg tal på elevar/deltakarar basert på fire rapporteringstidspunkt i løpet av året.
3 Korte opplæringstilbod er tilpassa opplæringstilbod heimla i fagplanverket for den vidaregåande skulen.
4 Tala for fagskule og høgskule/universitet er ikkje differensierte etter heiltid/deltid.
Kjelde: Statsforvaltaren i Vestland
Budsjettforslag for 2025
Departementet foreslår å løyve 362,2 mill. kroner på posten. Departementet foreslår å auke løyvinga med 7,7 mill. kroner til å dekke opplæringskostnader for 11 nye mellombelse plassar for mindreårige. Sjå omtale i Prop. 1 S (2024–2025) for Justis- og beredskapsdepartementet.
Departementet foreslår ei tilsegnsfullmakt på posten, jf. forslag til vedtak IV nr. 2.
Post 69 Tiltak for fullføring og kvalifisering i vidaregåande opplæring
Løyvinga finansierer fleire tilskot til fylkeskommunane som skal bidra til å auke fullføringa av vidaregåande opplæring og til at fleire blir kvalifiserte for læreplass, arbeid og vidare utdanning.
Mål for 2025
Løyvinga skal bidra til at fleire fullfører vidaregåande opplæring og er kvalifiserte for arbeid, læreplass og vidare utdanning.
Resultat i 2023
I 2023 fekk fylkeskommunane utbetalt totalt 980,1 mill. kroner til tiltak for fullføring av vidaregåande opplæring over denne posten.
Av dette blei totalt 511,2 mill. kroner utbetalt til følgande tilskot, som blei forvalta av Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse:
tilskot for at personar utan lovfesta rett til opplæringa kunne fullføre vidaregåande opplæring
tilskot til yrkesfagleg rekvalifisering
tilskot til Fagbrev på jobb
Fylkeskommunane kunne omprioritere mellom tilskota i tråd med ressursbehov lokalt. Fylkeskommunane rapporterer mellom anna om at midlane førte til auka innsats for nye målgrupper av vaksne med behov for å fullføre vidaregåande opplæring i samarbeid med Nav.
I 2023 blei det utbetalt 468,9 mill. kroner for at fleire skulle få ein læreplass. Midlane blei forvalta av Utdanningsdirektoratet. Fleire fylkeskommunar rapporterer at planlegginga har teke mykje tid, og at det har teke tid å utvikle og implementere gode tiltak/prosjekt. Fylkeskommunane har nytta midlane til ei rekke ulike tiltak. Alle fylka har iverksett tiltak for å skape betre samanheng og tidleg samarbeid mellom skule og bedrift, for å skaffe relevante praksisplassar der det endelege målet er læreplass. Fire fylkeskommunar har nytta midlane til å utvikle lokale læreplassgarantiar. Fylkeskommunane skal rapportere om effektar av dei igangsette tiltaka våren 2025.
Budsjettforslag for 2025
Departementet foreslår å løyve 904 mill. kroner på posten.
Løyvingsforslaget omfattar vidareføring av følgande tilskot til fylkeskommunane:
479 mill. kroner for å styrke arbeidet for fleire læreplassar og bidra til kvalifisering og formidling til læreplassar i fag- og yrkesopplæringa. Tilskotet blir foreslått redusert med 6 mill. kroner i høve til 2024. Ved utgangen av perioden for samfunnskontrakten vil departementet ta stilling til om midlane skal innlemmast i rammetilskotet til fylkeskommunane. Resultata av det øyremerkte tilskotet vil vere ein del av vurderingsgrunnlaget for eventuell innlemming.
320 mill. kroner til å bygge ut tilbodet om vidaregåande opplæring i tråd med fullføringsretten, som tok til å gjelde frå hausten 2024. Departementet tek sikte på at finansieringa av fullføringsretten vil halde fram som eit øyremerkt tilskot fram til 2026-budsjettet.
83,2 mill. kroner for å stimulere til auka bruk av ordninga Fagbrev på jobb.
Fylkeskommunane vil kunne omprioritere mellom tilskota dersom vurderingar om ressursbehov tilseier det.
Departementet foreslår òg å opprette nokre nye tilskot:
7,5 mill. kroner til å prøve ut ulike modellar for organisering av samarbeid mellom karrieresentera og ungdomsskular og vidaregåande skular. Tilskotet blir gitt med hausteffekt i 2025. Tilskotet skal vere søknadsbasert og er retta mot fylkeskommunane. Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse skal forvalte tilskotsordninga. Utprøvinga skal stimulere til å utvikle nye og betre former for samarbeid og samordning i karriererettleiinga i skulen. Departementet ønsker gjennom utprøvinga å få meir kunnskap om kva former for modellar som fungerer. Tilskotsordninga skal gjere det mogleg å teste ulike modellar over fleire år, og det tas sikte på at ho vil halde fram til 2028.
14,4 mill. kroner til ei forsøksordning med tilskot til verksemder som tek inn vaksne med ulike utfordringar i eit opplæringsløp – Læreplass-sjansen. Målet er at verksemda etter ein periode med opplæring skal inngå lærekontrakt, og at lærlingen skal klare å ta fag- eller sveinebrev. Ordninga skal prøvast ut i nokre få fylke med sikte på at forsøket strekker seg over tre år. Kunnskapsdepartementet vil gi Utdanningsdirektoratet i oppdrag å gjennomføre forsøket. Det blir òg foreslått å setje av midlar til evaluering av forsøket på kap. 226, post 21.
Post 74 Prosjekttilskot
Tilskotet er retta inn mot prosjekt på område der departementet meiner det er eit særleg behov for at private og frivillige organisasjonar gjennomfører tidsavgrensa tiltak. Organisasjonane som mottek tilskotet, vil som hovudregel få innvilga tilskot i inntil tre år såframt dei oppfyller krava i tilskotsordninga. Tilskot for fleire år blir gitt med atterhald om Stortingets årlege budsjettvedtak. Utdanningsdirektoratet forvaltar tilskotsordninga.
Mål for 2025
Formålet med tilskotsordninga er å stimulere organisasjonar til å setje i verk prosjekt som på ulike måtar kan bidra til å nå dei måla departementet har sett for grunnopplæringa, jf. omtalen i kategoriinnleiinga. Verksemda til organisasjonane skal ha ein nasjonal verdi, og aktivitetar/tiltak skal nå flest mogleg elevar og skular. I 2025 vil departementet støtte tiltak som skal betre læringsmiljøet gjennom tiltak mot mobbing, og prosjekt som stimulerer til auka leseferdigheiter og leselyst.
Resultat i 2023
Følgande organisasjonar fekk tildelt til saman 4,7 mill. kroner i prosjekttilskot i 2023:
Redd Barna
Norsk Tourette Foreining
Stiftelsen Barnevakten
UNICEF-komiteen i Norge
Mot Norge
Foreningen !les
Skeiv Ungdom
Voksne for Barn
Drama- og teaterpedagogene
Budsjettforslag for 2025
Departementet foreslår å løyve 12,9 mill. kroner på posten. I løyvinga inngår ein auke på 2,5 mill. kroner slik at prosjekt som stimulerer til leseglede i barnehage også kan få støtte.
Post 75 Grunntilskot
Ordninga med grunntilskot til frivillige organisasjonar innanfor grunnopplæringa har blitt søknadsbasert frå 2024. Det skal gjere ordninga meir gjennomsiktig og lettare å etterprøve, og det skal sikre likebehandling.
Mål for 2025
Målet med ordninga er å sikre langsiktige og stabile rammevilkår for nasjonale ressursmiljø som på ein særskild måte bidreg til å nå dei måla departementet har sett for grunnopplæringa, jf. kategoriinnleiinga.
Resultat i 2023
I 2023 fekk følgande organisasjonar tildelt til saman 103,9 mill. kroner frå ordninga for grunntilskot til nasjonale ressursmiljø. Av dette blei 49,5 mill. kroner fordelte på desse organisasjonane:
Elevorganisasjonen
FIRST Scandinavia
Operasjon Dagsverk
WorldSkills Norway
Foreningen Norden
Norsk håndverksinstitutt
Ungt Entreprenørskap Norge
Blikk AS
Dysleksi Norge
Foreningen !les
Geitmyra matkultursenter for barn
Leser søker bok
Skeiv Ungdom
Stiftinga Magasinett
Faktisk.no
Sex og Politikk
FRI – foreningen for kjønns- og seksualitetsmangfold
Landslaget for norskundervisning
Samarbeidsforumet av funksjonshemmedes organisasjoner
Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon
Unge funksjonshemmede
privatskuleorganisasjonar
I 2023 fekk Andøya Space Education (ASE) 17,7 mill. kroner. I 2023 deltok 10 199 personar på ulike aktivitetar i regi av ASE. 4 926 var elevar i grunnopplæringa, 339 færre enn i 2022. ASE gjennomførte i 2023 ei rekke etter- og vidareutdanningskurs for lærarar og hadde ansvaret for fleire nettbaserte læringsressursar.
Norsk kulturskoleråd, Fellesrådet for kunstfagene i skolen og Samarbeidsforum for estetiske fag fekk 36,7 mill. kroner over posten i 2023. Organisasjonane har arbeidd med ei rekke tiltak og satsingar for å betre kvaliteten i kulturskulane og i arbeidet med kunst og kultur i grunnopplæringa. Kvar tilskotsmottakar har fordelt ein del av tilskotet vidare til underliggande medlemsorganisasjonar og prosjekt.
Budsjettforslag for 2025
Departementet foreslår å løyve 112,5 mill. kroner på posten. Løyvinga skal innfri tilsegner om tilskot som blei gitt frå 2024, med atterhald om Stortingets løyvingsvedtak.
Ved ein utrekningsfeil blei det gitt eit lågare tilskot til Samarbeidsforumet av Funksjonshemmedes Organisasjoner, Funksjonshemmedes fellesorganisasjon og Unge funksjonshemmede enn dei skulle ha fått i budsjettåret 2024. Departementet meiner at organisasjonane ikkje bør bli skadelidande som følge av ein utrekningsfeil. I nysalderinga av statsbudsjettet for 2024 vil regjeringa tildele 385 000 kroner som tilsvarer halvårseffekten av utrekningsfeilen. I 2025 foreslår departementet å auke løyvinga med 769 000 kroner, tilsvarande heilårseffekten av forslaget.
Kap. 3225 Tiltak i grunnopplæringa
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2023 | Saldert budsjett 2024 | Forslag 2025 |
04 | Refusjon av ODA-godkjende utgifter | 198 749 | 302 337 | 293 709 |
Sum kap. 3225 | 198 749 | 302 337 | 293 709 |
Visse innanlandske utgifter til flyktningar kan etter statistikkdirektiva til OECD definerast som offentleg utviklingshjelp. Ein del av løyvinga på kap. 225, post 64 blir rapportert som utviklingshjelp, og refusjon frå Utanriksdepartementet blir ført på kap. 3225, post 04. Refusjon av ODA-godkjende utgifter er rekna til 293,7 mill. kroner i 2025.
Kap. 226 Kvalitetsutvikling i grunnopplæringa
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2023 | Saldert budsjett 2024 | Forslag 2025 |
21 | Særskilde driftsutgifter, kan overførast | 1 291 853 | 1 313 639 | 1 143 444 |
22 | Vidareutdanning for lærarar og skuleleiarar | 1 602 810 | 1 648 270 | 1 604 202 |
45 | Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast | 32 000 | ||
61 | Tilskotsordning til rettleiing for nyutdanna nytilsette lærarar | 64 548 | 67 748 | 145 390 |
62 | Tilskot til skulebibliotek og lesestimulering, kan nyttast under post 21 | 50 000 | ||
63 | Tilskot til utstyr og læringsarenaer på 5.–10. trinn | 160 000 | ||
65 | Tilskot til skulemiljøteam og beredskapsteam | 115 000 | ||
71 | Noregs forskingsråd – Tilskot til vitensenter | 96 366 | 115 585 | 119 977 |
Sum kap. 226 | 3 087 577 | 3 145 242 | 3 338 013 |
Skuleeigarane har hovudansvaret for å utvikle kvaliteten på opplæringa i skular og lærebedrifter. Regjeringa legg stor vekt på å støtte og rettleie skular og skuleeigarar gjennom kompetanse- og utviklingstiltak. Kap. 226 omfattar løyvingar til kvalitetsutvikling i grunnopplæringa.
Utdanningsdirektoratet har i stor grad ansvaret for å forvalte midlane og gjennomføre tiltaka. Delar av løyvingane på post 21 og 22 dekker utgifter til lønn og administrasjon i Kunnskapsdepartementet og Utdanningsdirektoratet og hos eventuelle andre statlege aktørar som har ansvar og delansvar for å drifte dei ulike prosjekta og tiltaka.
Post 21 Særskilde driftsutgifter, kan overførast
Løyvinga på posten finansierer mellom anna kompetanse- og profesjonsutvikling i grunnopplæringa, tiltak for betre læringsmiljø, tiltak for å handtere digitalisering, styrking av fag- og yrkesopplæringa, utvikling av eksamen og utvikling av læreplanverket for grunnopplæringa. Løyvinga på posten dekker òg ulike verktøy, prøvar og datakjelder for kvalitetsutvikling i grunnopplæringa, mellom anna internasjonale undersøkingar, brukarundersøkingar, utdanningsstatistikk, forsking og evaluering. Løyvinga dekker drift av tidsavgrensa prosjekt i den sentrale utdanningsadministrasjonen, tilskot til offentlege og eventuelle private aktørar som blir involverte i kvalitetsutvikling i grunnopplæringa, og eventuelle utgifter til offentlege utval og ekspertutval som departementet har sett ned.
Mål for 2025
Midlane på posten skal medverke til å utvikle kvaliteten i grunnopplæringa for å nå dei statlege sektormåla, jf. omtalen av desse i kategoriinnleiinga.
Resultat i 2023
Samla blei det brukt 1 291,9 mill. kroner over posten i 2023 for å nå dei overordna måla for grunnopplæringa som var fastsette for 2023. Tabell 4.6 viser samla rekneskap for posten i 2023, med tiltak samla for dei ulike måla for grunnopplæringa i 2023.
Tabell 4.6 Fordeling av løyvinga på kap. 226, post 21 i 2023
(i mill. kr) | |
---|---|
Overordna mål for grunnopplæringa i 2023: | Rekneskap 2023 |
Alle har eit trygt, godt og inkluderande læringsmiljø | 151,2 |
Barn og unge som har behov for det, får hjelp tidleg, slik at alle får utvikla potensialet sitt | 22,7 |
Dei tilsette i kunnskapssektoren har høg kompetanse | 586,0 |
Alle lykkast i opplæringa og utdanninga | 431,2 |
Andre tiltak | 100,8 |
Totalt | 1 291,9 |
Alle har eit trygt, godt og inkluderande læringsmiljø
I 2023 blei det over denne posten brukt 151,2 mill. kroner til tiltak som støttar opp under målet om at alle har eit trygt, godt og inkluderande læringsmiljø. I tillegg blei det brukt 12 mill. kroner over kap. 231 Barnehagar, post 21 Særskilde driftsutgifter til arbeid med barnehagemiljø.
Tabell 4.7 Fordeling av løyvinga på kap. 226, post 21 til tiltak for å støtte målet om eit trygt, godt og inkluderande læringsmiljø
(i mill. kr) | |
---|---|
Tiltak | Rekneskap 2023 |
Handhevingsordninga for skulemiljøsaker | 57,5 |
Gratis SFO for elevar frå låginntektsfamiliar | 34,9 |
Mobbeombod, program mot mobbing og partnarskap mot mobbing | 16,1 |
Dembra | 14,5 |
Kompetanseutvikling for å skape gode barnehage- og skulemiljø | 11,8 |
Tillitsreforma i barnehage og skule | 10,0 |
Læringstilbod om 22. juli | 5,0 |
Pilotforsøk for meir inkluderande praksis i barnehage, skule og SFO | 1,4 |
Totalt | 151,2 |
Handhevingsordninga for skulemiljøsaker
I 2023 vart det brukt 57,5 mill. kroner på handhevingsordninga for skulemiljøsaker. Det blei meldt inn 2 451 slike saker i 2023, ein auke på 711 saker frå 2022. Statsforvaltaren konkluderte med at aktivitetsplikta var broten i 95 pst. av sakene. Talet på saker til statsforvaltarane påverkar kor effektiv handhevingsordninga er. I 2023 har direktoratet jobba med fleire tiltak for å auke effektiviteten i saksbehandlinga, og det er tilført ytterlegare ressursar til saksbehandlinga. Direktoratet har starta opp ein statsforvaltarturné med besøk til kvart statsforvaltarembete med møte om handhevingsordninga. På dei møta som blei gjennomførte i 2023, gav direktoratet tilpassa rettleiing til kvart embete, med mål om å bidra til likare, raskare og meir effektiv saksbehandling.
Gratis SFO for elevar frå låginntektsfamiliar
Målet med ordninga for skuleåret 2022–23 var å kompensere kommunane for å gi eit gratis tilbod om heiltidsplass på 1. trinn for elevar frå familiar med låg inntekt. 60 kommunar fekk tilskot til å dekke gratis heiltidsplassar i SFO i skuleåret 2022–23. Ordninga for elevar frå låginntektsfamiliar vert avvikla frå hausten 2023, fordi det vart innført 12 timar gratis SFO for alle elevar på 1. trinn (hausten 2022), 2. trinn (hausten 2023) og 3. trinn (hausten 2024). Sjå nærare omtale om foreldrebetaling i SFO under hovudinnleiinga til 07.20.
Mobbeombod, program mot mobbing og partnarskap mot mobbing
I 2023 blei det nytta 10,6 mill. kroner til mobbeombodsordninga. Av desse gjekk 9 mill. kroner til fylkeskommunane, 1 mill. kroner til Læringsmiljøsenteret ved Universitetet i Stavanger for den faglege oppfølginga av mobbeombodsordninga og 0,6 mill. kroner til Rambøll Management Consulting AS for utarbeiding av rapport om mobbeomboda sine oppgåver og aktørbildet knytt til dei fylkesvise mobbeomboda.
I 2023 gjekk det 4 mill. kroner til antimobbe- og læringsmiljøprogram. Midlane blei fordelte til tre programeigarar: Nasjonalt utviklingssenter for barn og unge, Universitetet i Stavanger og NORCE (Norwegian Research Centre).
I 2023 gjekk det 1,5 mill. kroner til Partnarskap mot mobbing. Partnarskapen består av regjeringa, Sametinget og 14 organisasjonar i oppvekst- og utdanningssektoren. Midla har gått til å følge opp dei tiltaka som er omtala i handlingsplanen for Partnerskap mot mobbing.
Demokratisk beredskap mot rasisme, antisemittisme og udemokratiske holdninger (Dembra)
Tiltaket omfattar rettleiing, kurs og nettbaserte ressursar for å førebygge ulike former for gruppebaserte fordommar. Dembra blir koordinert av Senter for studier av Holocaust og livssynsminoriteter (HL-senteret). 2 mill. kroner gjekk til Dembra for lærarutdannarar (Dembra LU), som omfattar kurstilbod til lærarstudentar, lærarar, skuleleiarar og andre tilsette i skulen. 12,5 mill. kroner gjekk til Dembra-arbeidet i grunnopplæringa. Læringsressursane dekker områda hatefulle ytringar, antisemittisme, rasisme, diskriminering av minoritetar og udemokratiske haldningar.
Kompetanseutvikling for å skape gode barnehage- og skulemiljø
Utdanningsdirektoratet har i 2023 evaluert og vidareutvikla dei digitale kompetansepakkane om trygt og godt barnehage- og skulemiljø og trygt og godt miljø i SFO. Kompetansepakkane skal gi støtte til tilsette og leiarar i arbeidet med å utvikle kompetansen på det som bidreg til å fremje eit trygt og godt miljø og førebygge mistrivsel og krenkingar. Utdanningsdirektoratet arbeider med å oppdatere kunnskapsgrunnlaget om å skape eit trygt, godt og inkluderande læringsmiljø.
10 mill. kroner gjekk til Læringsmiljøprosjektet frå denne posten. Det er eit tilbod til barnehagar, skular og kommunar som ønsker å arbeide med eit trygt og godt skulemiljø, og som treng direkte støtte og rettleiing. I perioden 2022–2024 deltek ein pulje med 17 kommunar med 25 barnehagar og 28 skular. Våren 2023 starta ein ny pulje opp med 15 kommunar med 24 barnehagar og 29 skular.
Utdanningsdirektoratet delte ut Benjaminprisen, som blir administrert av Senter for studier av Holocaust og livssynsminoriteter (HL-senteret).
Utdanningsdirektoratet administrerer Dronning Sonjas skulepris, og den blei i 2023 delt ut til Storhamar vidaregåande skule for deira arbeid med likeverd og inkludering.
Tillitsreforma i barnehage og skule
I 2023 blei det over denne posten brukt 10 mill. kroner til tiltaket, og det vart utbetalt 250 000 kroner til kvar kommune i eit utval på 40 kommunar. Tilskotet skal stimulere kommunane til å prøve ut meir tillitsbaserte arbeidsformer i barnehagar og skular. Målet er at dei tilsette kan utnytte kompetansen sin betre gjennom meir fagleg fridom og meir tid til barna og elevane. Kommunane må stille med ein eigendel i gjennomføringa av utprøvinga, og eigendelen må vere minst like stor som tilskotet.
Læringstilbod om 22. juli
Det europeiske Wergelandsenteret fekk tilskotet, og det blei brukt til å gi fleire elevar og lærarar høve til å delta i opplæringstilbodet om 22. juli og demokratisk medborgarskap. Tilbodet er utvikla av 22. juli-senteret, Utøya AS og Wergelandsenteret.
Pilotforsøk for meir inkluderande praksis i barnehage, skule og SFO
Tiltaket består av to delar. Del 1, som er følgeforsking av pilotforsøk for meir inkluderande praksis i barnehage, skule og SFO i fem kommunar, blei avslutta i mars 2023. Del 2 blir leia av NTNU samfunnsforsking, og i 2023 gjekk 1,4 mill. kroner til utprøving og forsking på ein modell for meir inkluderande praksis der PP-tenesta (pedagogisk-psykologisk teneste) jobbar tettare på barnehagar og skular.
Barn og unge som har behov for det, får hjelp tidleg, slik at alle får utvikla potensialet sitt
I 2023 blei det over denne posten brukt 22,7 mill. kroner til tiltak som støttar opp under målet.
Tabell 4.8 Fordeling av løyvinga på kap. 226, post 21 til tiltak for å støtte målet om at alle får utvikla potensialet sitt
(i mill. kr) | |
---|---|
Tiltak | Rekneskap 2023 |
Symjeopplæring | 11,1 |
Områdesatsingane i Groruddalen og Oslo sør | 10,5 |
Etatssamarbeidet om betre oppfølging av utsette barn og unge | 1,1 |
Totalt | 22,7 |
Symjeopplæring
Målet med tiltaket er å gi nykomne minoritetsspråklege barn, unge og vaksne i grunnskuleopplæringa meir og betre symjeopplæring og dermed redusere risikoen for ulykker. Ordninga kan også omfatte andre elevar som ikkje kan symje, eller som ikkje har fått delteke i den ordinære symjeundervisninga. I 2023 blei det nytta 10,1 mill. kroner.
I tillegg blei det i 2023 nytta 1 mill. kroner til å støtte symjeopplæring for elevar i grunnskulen, mellom anna til nettsida svømmedyktig.no og ferdigheitsprøva i symjing.
Områdesatsing i Groruddalen og Oslo sør
Midlane går til prosjekt innanfor barnehage og skule i områdesatsingane i Groruddalen (10 mill. kroner) og Oslo sør (0,5 mill. kroner). Målet med områdesatsingane, som er eit samarbeid mellom stat og kommune, er å betre miljø, butilhøve og levekår i eit geografisk avgrensa område. Eit delmål på opplæringsfeltet er at fleire elevar skal gjennomføre grunnopplæringa. Områdesatsingane er vedtekne til 2027, jf. Prop. 1 S (2024–2025) for Kommunal- og distriktsdepartementet.
Etatssamarbeidet om betre oppfølging av utsette barn og unge
I 2023 har 1,1 mill. kroner gått til å drifte etatssamarbeidet. Det er eit samarbeid mellom 13 etatar om betre oppfølging av utsette barn og unge og familiane deira, gjennom betre samarbeid mellom sektorar og tenester.
Dei tilsette i kunnskapssektoren har høg kompetanse
I 2023 blei det over denne posten brukt 586 mill. kroner til tiltak som støttar opp under målet om at dei tilsette i kunnskapssektoren har høg kompetanse. Mesteparten av midlane til vidareutdanning blei løyvde over kap. 226, post 22 Vidareutdanning for lærarar og skuleleiarar, sjå meir omtale der.
Tabell 4.9 Fordeling av løyvinga på kap. 226, post 21 til tiltak for å støtte målet om høg kompetanse
(i mill. kr) | |
---|---|
Tiltak | Rekneskap 2023 |
Desentralisert ordning for kompetanseutvikling | 262,5 |
Kompetanseløft i spesialpedagogikk og inkluderande praksis | 148,1 |
Yrkesfaglærarløftet inkl. yrkesfaglærar 2 | 115,4 |
Eksamen og vurdering | 28,2 |
Karrierevegar for lærarar (lærarspesialistar) | 20,1 |
Rettleiing av nyutdanna nytilsette lærarar | 7,5 |
Utvikling av kvalitet og kompetanse i SFO | 4,2 |
Totalt | 586,0 |
Desentralisert ordning for kompetanseutvikling
Totalt 262,5 mill. kroner blei løyvd til desentralisert ordning for kompetanseutvikling i 2023. 242 mill. kroner blei fordelt til statsforvaltarane i alle fylka etter lærarårsverk og nytta til ulike kompetansetiltak etter prioritering i dei fylkesvise samarbeidsforuma. Skuleeigarar, universitet og høgskular samarbeider om innhald og organisering. 15,9 mill. kroner blei nytta til administrasjonen av ordninga internt i statsforvaltarembeta. Dei resterande midlane blei nytta til samarbeid og koordinering med universitets- og høgskulesektoren, og noko til administrasjon.
Kunnskapsgrunnlaget viser at det er ei positiv utvikling i ordninga. Sjølv om ordninga blir oppfatta som kompleks og krevjande, har ho sterk støtte blant aktørane, og det er høg grad av deltaking. Årsrapporteringa frå statsforvaltarane viser at partnarskapane har utvikla seg i positiv retning, sjølv om det framleis er utfordringar.
Rapporteringa viser vidare at nasjonale signal om prioriterte tema blir følgde opp i den lokale prioriteringa. Arbeid med læreplanverk, inkludering og tilrettelegging, leiing, læringsmiljø og vurderingspraksis er område som er prioriterte for kompetanseutvikling i grunnskulen. I vidaregåande opplæring er det vurderingspraksis, arbeid med nytt læreplanverk og leiing av skulebasert kompetanseutvikling som peikar seg ut som prioriterte område.
Kompetanseløft i spesialpedagogikk og inkluderande praksis
Kompetanseløftet for spesialpedagogikk og inkluderande praksis blei sett i gang hausten 2020 og er ei oppfølging av Meld. St. 6 (2019–2020) Tett på – tidlig innsats og inkluderende fellesskap i barnehage, skole og SFO. Målet er å bygge kompetanse hos tilsette i barnehagar, skular og PP-tenesta, eventuelt også i dei andre tenestene i laget rundt barna og elevane, slik at alle barn og unge, uavhengig av føresetnader, skal få høve til utvikling, meistring, læring og trivsel.
Hovuddelen av kompetanseløftet er tilskot til lokal kompetanseutvikling med utgangspunkt i lokale behov. Kompetanseutviklinga skal skje i partnarskap med universitet eller høgskule. I 2023 blei det fordelt 144 mill. kroner til partnarskap mellom kommunar og universitet eller høgskule. Over 300 kommunar tek del i partnarskapane, enten åleine eller i nettverk med andre kommunar. Partnarskapane omfattar både offentlege og private eigarar, og det er ein føresetnad at PP-tenesta er inkludert i arbeidet.
Det er etablert eit nytt UH-nettverk for å styrke arbeidet universitet- og høgskular gjer med utvikling av kompetansetiltak i kompetanseløftet, og dei har gjennomført to digitale og ei fysisk samling for nettverket. Etableringa av UH-nettverket har medverka til auka bevisstheit og engasjement i universitets- og høgskulesektoren for å bidra i kompetanseløftet.
Hausten 2023 vart det gjennomført fire regionale erfaringskonferansar for kompetanseløftet, med til saman om lag 2 000 representantar for styrarar, rektorar, PP-tenesta, kommunale leiarar og representantar for andre kommunale støttetenester som deltok. Erfaringa og tilbakemeldingane frå konferansane var gode.
I 2023 var det også stor auke i talet som fekk tilbod om vidareutdanning i spesialpedagogikk, sjå omtale under kap. 226, post 22.
Yrkesfaglærarløftet
Til studieåret 2023–24 kunne yrkesfaglærarar søke på 13 vidareutdanningstilbod ved fem universitet og høgskular. Totalt 328 yrkesfaglærarar fekk tilbod om å delta i studieåret 2023–24, og det blei i 2023 nytta 64,4 mill. kroner til vikar- og stipendmidlar og til studieplassar.
I tilskotsordninga for lokal kompetanseutvikling i fag- og yrkesopplæringa og yrkesfaglærar 2-ordninga blei til saman 51 mill. kroner fordelte til fylkeskommunane og nytta til ulike kompetansetiltak etter prioritering i dei fylkesvise samarbeidsforuma. Skuleeigarar, arbeidslivet og tilbydarane av kompetanseutvikling samarbeider om innhald og organisering. 1 mill. kroner av midlane blei nytta til koordinering av eit nasjonalt nettverk for fylkeskommunane i ordningane. Deltakinga til yrkesfaglærarane i hospiteringsordninga har auka med 50 pst. frå 2021, medan talet på instruktørar og faglege leiarar som deltek i ordninga, har gått monaleg ned. Det var òg ein auke i deltakinga i yrkesfaglærar 2-ordninga i 2023.
Eksamen og vurdering
I 2023 gjekk 6,4 mill. kroner til samlingar med lærarar og andre tiltak til første våreksamen etter pandemien og nye læreplanar i fagfornyinga, ut over den ordinære sensorskuleringa, for å mellom anna sikra sensuren. Vidare gjekk 3,8 mill. kroner til vidareutvikling av dagens eksamen og utprøving av langtidsoppgåva som ny eksamensform, 3 mill. kroner gjekk til utgreiing av auka hjelpemiddelregulering for eksamen og 15 mill. kroner gjekk til tiltak for å redusera risiko for framtidige gjennomføringar av eksamen, spesielt tiltak for å redusera teknisk risiko.
Karrierevegar for lærarar (lærarspesialistar)
Piloten blei avvikla i 2023. Lærarar som tok lærarspesialistutdanninga, fekk høve til å fullføre utdanninga våren 2023. Totalt 254 lærarar studerte ved ulike lærarspesialistutdanningar. Regjeringa vil utvikle nye karrierevegar i tett samarbeid med partane. Dette inngår i arbeidet med å utvikle eit nytt system for kompetanse- og karriereutvikling for lærarar og andre tilsette i barnehage og grunnopplæring. Skular kan òg nytte erfaringane frå piloten til drive kvalitetsutvikling lokalt.
Rettleiing av nyutdanna nytilsette lærarar
I 2023 gjekk 7,5 mill. kroner til søknadsbaserte ordningar for universitet og høgskular for stimulering til rettleiing av nyutdanna nytilsette lærarar i barnehage og skule. I tillegg blei det nytta 4,2 mill. kroner over kap. 231 Barnehagar, post 21. 17 universitet og høgskular gav tilbod om rettleiing til barnehagar og skular. Tiltaket inkluderte òg informasjonstiltak og nettverksarbeid mellom barnehage- og skuleeigarar og lærarutdanningsinstitusjonane for at fleire nyutdanna nytilsette lærarar skulle få rettleiing. Sjå også omtalen av midlar løyvde over kap. 226, post 61 Tilskotsordning til rettleiing for nyutdanna nytilsette lærarar.
Utvikling av kvalitet og kompetanse i SFO
I 2023 blei det sett i gang eit samlingsbasert kompetansetilbod for leiarar i SFO. Tilbodet skal støtte leiarar i å leie utviklingsarbeid og implementere rammeplanen, og i å kunne vurdere og utvikle kvaliteten i sin SFO. Det blei brukt om lag 4,1 mill. kroner i 2023 til å finansiere 50 plassar.
Vidare blei det brukt 0,1 mill. kroner til forvaltning av den nasjonale rammeplanen for SFO og støtte til innføringa av rammeplanen. Utdanningsdirektoratet ser mellom anna at skular bestiller fleire trykte rammeplanar.
Alle lykkast i opplæringa og utdanninga
I 2023 blei det brukt 431,2 mill. kroner over denne posten til tiltak som støttar opp under målet.
Tabell 4.10 Fordeling av løyvinga på kap. 226, post 21 til tiltak for å støtte målet om at alle skal lykkast i opplæringa
(i mill. kr) | |
---|---|
Tiltak | Rekneskap 2023 |
Fornying av innhaldet i skulen, trykte læremiddel, nye læremiddel i samband med fagfornyinga og læreplanforvaltning | 147,7 |
Forsking, evalueringar, brukarundersøkingar og data for vurdering av kvalitet i skulen | 96,0 |
Oppfølgingsordninga | 43,1 |
Strategi for digital kompetanse og infrastruktur i barnehage og skule | 36,1 |
Tilskot til skulebibliotek og lesestimulering | 34,6 |
Tiltak for minoritetsspråklege elevar og nasjonale minoritetar | 16,3 |
Strategiplan for realfag | 16,1 |
Styrkt tilbod for ukrainske barn, unge og vaksne | 15,0 |
Samisk fjernundervisning og oppgradering av system for opptak | 9,8 |
Digilær.no – nasjonal plattform for nettbasert undervisning | 6,5 |
Lektor 2-ordninga for realfag | 7,0 |
Venneslabrua – frå ungdomstid til arbeidsliv | 2,5 |
Kompetansetiltak om psykisk helse i skulen | 0,5 |
Totalt | 431,2 |
Fornying av innhaldet i skulen, nye læremiddel i samband med fagfornyinga og læreplanforvaltning
I 2023 blei det utbetalt 115 mill. kroner i tilskot til kommunane til innkjøp av nye trykte læremiddel i samband med fagfornyinga, for å bidra til betre balanse mellom trykte og digitale læremiddel. Sjå òg rapportering under kap. 220, post 70 for utvikling av læremiddel utan kommersielt grunnlag.
Det blei løyvd 11 mill. kroner til å styrke Sametingets utvikling og tilpassing av læremiddel på samisk. Det blei òg nytta 0,8 mill. kroner til å utvikle digitale læremiddel på samisk og 4,8 mill. kroner til å utvikle læremiddel der det ikkje er kommersielt grunnlag.
Det blei vidare nytta om lag 8,4 mill. kroner til læreplanforvaltning i 2023. Dette blei nytta til tiltak knytte til innføring av læreplanar, den digitale læreplanvisninga, utvikling av modulstrukturerte læreplanar for vaksne i 13 lærefag og kompetansepakkar for å støtte forståing og bruk av læreplanverket. 2 mill. kroner gjekk til vedlikehald, oppdatering og drift av språkløyper.no og realfagsløyper.no.
I tillegg blei om lag 7,7 mill. kroner nytta til kartleggingsverktøyet i grunnleggande norsk for språklege minoritetar i skulen. Verktøyet er digitalisert og laga som ei støtte til lærarar.
Forsking og undersøkingar for vurdering og utvikling av kvalitet i skulen
I 2023 gjekk det 25,6 mill. kroner til ei rekke forskings-, kartleggings- og evalueringsoppdrag. Døme på prosjekt er evaluering av fagfornyinga, evaluering av seksårsreforma og evaluering av ny kompetansemodell – desentraliserte ordningar for skule og yrkesfag. I tillegg blir det gjennomført spørjeundersøkingar i Skule-Noreg kvar vår og haust.
I 2023 blei det nytta 27,9 mill. kroner til internasjonale studiar. Noreg deltek regelmessig i desse trendstudiane, som blir gjennomførte kvart tredje, fjerde eller femte år:
PISA – Programme for International Student Assessment
TIMSS – Trends in International Mathematics and Science Study
ICCS – International Civic and Citizenship Education Study
ICILS – International Computer and Information Literacy Study
PIRLS – Progress in International Reading Literacy Study
PIACC – Program for the International Assessment of Adult Competencies
I tillegg deltek Noreg i TALIS – Teaching and Learning International Survey.
Utgiftene til studiane varierer frå år til år alt etter kvar i syklusen studien er. Resultata frå studiane gir høve til å følge utviklinga i skulen sett i ein internasjonal samanheng og til å følge utviklinga i viktige fag, evner og haldningar over tid.
I 2023 gjekk det 22,2 mill. kroner til statistikk og indikatorutvikling. Det er sentrale element for arbeidet med kvalitet i skulen. Midlane blir nytta til å produsere statistikk og analysar om grunnopplæringa, til dømes statistikk om grunnskulen gjennom GSI (Grunnskulens informasjonssystem) og kjøp av statistikk frå SSB. Midlane blir òg nytta til å vidareutvikle formidling av statistikk og analyse, med vekt på god brukarforankring. Døme på dette er analysebrett, analysenotat og samarbeid mellom velferdsdirektorat om oppvekstprofilar. Internasjonalt OECD-arbeid inngår òg i denne posten. Her inngår 13,7 mill. kroner til å utvikle ny teknisk løysing for å innhente informasjon frå barnehage og grunnskule.
Det blei nytta 20,3 mill. kroner til ulike brukarundersøkingar. Av desse midlane blei 18,5 mill. kroner brukt på ny teknisk løysning for brukarundersøkingar, medan dei resterande midlane, 1,8 mill. kroner, blei nytta til å drifte brukarundersøkingane.
Oppfølgingsordninga
Oppfølgingsordninga blei etablert med bakgrunn i Meld. St. 21 (2016–2017) Lærelyst – tidleg innsats og kvalitet i skolen. Målet med ordninga er å gi støtte og rettleiing til kommunar som er under den nedre grensa for kvalitet på sentrale område av opplæringa.
Statsforvaltarane følger opp alle kommunane som er med i ordninga. I 2023 blei det nytta 43,1 mill. kroner på støtte og rettleiing til kommunane i ordninga.
Strategi for digital kompetanse og infrastruktur for barnehage og skule
2023 var første året i ny strategi for digital kompetanse og infrastruktur i skule og barnehage. Det vart brukt 36,1 mill. kroner fordelt på kompetansetiltak og infrastrukturtiltak. Blant tiltaka som blei gjennomførte, inngjekk vidareutvikling av Feide, utgreiingar av nasjonal tenestekatalog for digitale læremiddel, nye kompetansepakkar i digital dømmekraft og digitalt skuleleiarskap og arbeid med standardisering.
Tilskot til skulebibliotek og lesestimulering
Tiltaket er forankra i Nasjonal bibliotekstrategi 2020–2023 – Rom for demokrati og dannelse. Tiltaket gjeld ei tilskotsordning for kommunar som vil utvikle skulebiblioteka med tanke på lesestimulering.
Direktoratet tildelte 24,6 mill. kroner i 2023 i tilskot til kommunar og satsingane deira på skulebibliotek og lesestimulering. Tilskotet skal brukast til personalressursar eller kompetanseutvikling, og skal medverke til at skulebiblioteka blir ein inkluderande arena for alle elevgrupper og i alle fag. Frå 2023 har innsatsar i levekårsutsette område blitt særleg prioriterte.
Vidare fekk Nasjonalt lesesenter ei ekstratildeling på 10 mill. kroner for å utvikle den nasjonale lesesatsinga Tid for lesing. Senteret er i gang med å utvikle fleire kompetansetiltak og støtteressursar til leseopplæringa i skulen.
Tiltak for minoritetsspråklege elevar og nasjonale minoritetar
Det blei nytta 5,1 mill. kroner til utvikling av læremiddel i kvensk eller finsk som andrespråk og til kompetansehevingstiltak for lærarar i faget i regi av Statsforvaltaren i Troms og Finnmark. 0,2 mill. kroner blei nytta til nasjonale minoritetar, midlar som mellom anna gjekk til utvikling av digitale læringsressursar på digilær.no i kvensk eller finsk som andrespråk, og til kvensk kompetanseheving. I tillegg blei det nytta 2,0 mill. kroner til tiltak i grunnskuleopplæringa for romar i Lørenskog.
9 mill. kroner gjekk til Fleksibel opplæring. Tilbodet blei gitt av Nasjonalt senter for fleirkulturell opplæring (NAFO) ved OsloMet. NAFO leverer nettbasert tospråkleg fagopplæring i matematikk og naturfag på 8.–10. trinn på arabisk, somali og tigrinja. Målgruppa er ungdomsskuleelevar, elevar i innføringstilbod i vidaregåande opplæring, kombinasjonsklassar og vaksenopplæringa. Frå hausten 2023 blei engelsk på nybegynnarnivå etablert som eit fast tilbod på arabisk, somali og tigrinja.
Strategiplan for realfag
Direktoratet tildelte i 2023 16,1 mill. kroner til strategiplan for realfag. Av desse gjekk 12,3 mill. til talentsenterordninga, 1 mill. til drift og vedlikehald av nettstaden matematikk.org, 2 mill. kroner til Forskingsrådet for å vidareføre arbeidet med å koordinere olympiadar og konkurransar i realfag og 0,8 mill. til ei nettverksamling for kompetansemiljø som arbeider med matematikkvanskar.
Dei 12,3 mill. kronene til talentsenterordninga i 2023 gjekk til seks vitensenter rundt om i Noreg, som skal inspirere og løfte elevar med stort læringspotensial. Frå 2024 har Forskingsrådet teke over ansvaret for ordninga. Matematikksenteret arrangerte ei nettverkssamling hausten 2023 for kompetansemiljø som arbeider med elevar med matematikkvanskar.
Styrkt tilbod for ukrainske barn, unge og vaksne
På grunn av krigen i Ukraina og mange nykomne barn og unge i Noreg fekk Nasjonalt senter for fleirkulturell opplæring (NAFO) ved OsloMet 15 mill. kroner og Utdanningsdirektoratet 5 mill. kroner i 2023. Midlane skulle nyttast til å utvikle tiltak for å gi betre bemanning og høgare kompetanse i barnehage og skule for å kunne ta hand om nykomne barn, unge og vaksne. Midlane som Utdanningsdirektoratet fekk er nytta i 2024.
Midlane til NAFO har mellom anna gått til å vidareutvikle og utvide fjernundervisningstilbodet Fleksibel opplæring. NAFO har utvikla tospråkleg opplæring med støtte på ukrainsk for elevar frå 5. trinn til vidaregåande opplæring. Tilbodet til desse elevane består av grunnleggande norsk og matematikk med støtte på ukrainsk. Så langt har 850 elevar frå Ukraina fått tilbod om å delta i Fleksibel opplæring sidan det blei etablert hausten 2022, derav 400 elevar i skuleåret 2023–24. NAFO og Utdanningsdirektoratet har gjennomførte regionale fagdagar om inkludering av nykomne i barnehagar og skular. NAFO har utvikla ein kompetansepakke om traumereaksjonar som påverkar læring. I 2023 har NAFO i tillegg laga eit nettverk for lærarar som underviser nykomne elevar, og eit nettverk for tospråklege lærarar. Nettverka vil starte opp i 2024.
I 2023 blei det starta opp ulike tiltak for å styrke kompetansen hos nykomne innvandrarar som ønsker å arbeide i norske barnehagar, skular eller SFO.
Samisk fjernundervisning og opptakssystemet for samisk vidaregåande opplæring
Til samisk fjernundervisning blei det til saman nytta 5,5 mill. kroner (sørsamisk, lulesamisk og nordsamisk).
Midlane er tildelte statsforvaltarane i Nordland og Troms og Finnmark for å jobbe med organisering og kvalitetsutvikling av samisk fjernundervisning. I tillegg vart det nytta 4,3 mill. kroner til støttefunksjonar knytte til Samisk vidaregåande skule. Dette er støtte til dei statlege samiske skulane for å bidra til å styrke rollen og kapasitet som leverandør av fjernundervisning. Dei statlege skulane er Sørsamisk kunnskapspark i Hattfjelldal, samisk videregående skole i Karasjok og samiske videregående skole og reindriftsskole i Kautokeino.
Digilær.no – nasjonal plattform for nettbasert undervisning
6,5 mill. kroner gjekk til å utvikle og drifte digilær.no. Plattforma er vidareutvikla med ny påmeldings- og samtykkeløysing, auka sikkerheit og betre tilrettelegging for samiske språk.
Under dette tiltaket blei det finansiert tilbod om forsering i matematikk 1T. Om lag 360 deltok ved oppstart, og undervisninga blei levert av dei fylkeskommunale nettskulane, Nettskulen i Nordland og Nettskulen Vestfold. Det blei også finansiert pilotar med tilbod i kvensk, finsk, sørsamisk og lulesamisk.
I tillegg blei følgande tilbod gitt gjennom plattforma:
tospråkleg opplæring i matematikk og grunnleggande norsk på ukrainsk
begynnaropplæring engelsk for arabisktalande
engelsk på nybegynnarnivå (arabisk, tigrinja og somali),
tospråkleg fagopplæring i naturfag og matematikk (tigrinja, arabisk, somali)
Desse tilboda er utvikla og etablerte innanfor fagområda der skuleeigaren ikkje klarer å gi denne opplæringa lokalt.
Lektor 2 for realfag
Lektor 2 for realfag skal bidra til at skular og næringsliv knyter tettare band, og at næringslivets kompetanse kan nyttast i opplæringa. Lektor 2 for realfag skal òg bidra til auka relevans i opplæringa og auka rekruttering til realfaga. I skuleåret 2023–24 deltok 100 skular, 65 ungdomsskular og 33 vidaregåande skular, i tillegg til 2 barneskular finansierte av Olje- og energidepartementet. Det er planlagt ei avvikling av ordninga, og ingen nye skular vart derfor knytte til lektor 2 i 2023.
Venneslabrua – frå ungdomstid til arbeidsliv
Det blei gitt 2,5 mill. kroner til Agder fylkeskommune i 2023 til prosjektet Venneslabrua – frå ungdomstid til arbeidsliv. Prosjektet går over fem skuleår, frå hausten 2019 til og med våren 2024. Fylkeskommunen legg fram evalueringsrapport hausten 2024.
Kompetansetiltak om psykisk helse i grunnskulen og vidaregåande opplæring
Utdanningsdirektoratet tildelte i 2021 32,7 mill. kroner til tilskotsordning for psykisk helse i grunnskule og vidaregåande opplæring. I 2022 gjekk 0,7 mill. kroner til følgeforsking av prosjektet og til eit nettseminar for mottakarane av tilskotsordninga. I 2023 gjekk 0,5 mill. kroner til følgeforsking av prosjektet og til eit sluttnettseminar for mottakarane av tilskotsordninga. Følgeforskinga vert avslutta med ein sluttrapport i januar i 2024.
Andre tiltak
I 2023 blei det brukt 100,8 mill. kroner til andre tiltak som støttar opp under målet for posten, jf. tabell 4.11.
Tabell 4.11 Andre tiltak finansierte av løyvinga på kap. 226, post 21
(i mill. kr) | |
---|---|
Tiltak | Rekneskap 2023 |
Auka bemanning på skular i område med levekårsutfordringar | 15,0 |
Pasvik folkehøgskule | 11,0 |
Sikre små utdanningar i spesialpedagogikk | 5,0 |
Skuleval | 4,9 |
Tilskot til støttegruppa etter 22. juli | 4,6 |
Tilskot til Stiftelsen 10. august | 4,1 |
Ny tilbodsstruktur i fag- og yrkesopplæringa | 3,8 |
Tilskot til TENK | 3,4 |
Tilskot til Stiftelsen Lenken | 2,0 |
Tilskot til Eidsvoll 1814 – demokratinettstaden Min Stemme | 1,0 |
Diverse tiltak (forvaltning av tiltak, utvalsarbeid m.m.) | 46,0 |
Totalt | 100,8 |
Skuleval
Skuleval er ein del av skulens oppdrag for å fremje demokrati og medborgarskap og oppfyller kompetansemål i læreplanen. Alle som jobbar med skulevalet, skal sikre at arbeidet skjer i samsvar med regelverket for trygt og godt skulemiljø. Direktoratet tildelte 4,9 mill. kroner til Sikt – Kunnskapssektorens tenesteleverandør for teknisk gjennomføring av skuleval 2023.
Diverse tiltak
Mellom anna blei Ekspertgruppa om digital læringsanalyse, Utvalet for kvalitetsutvikling i skulen, Ekspertgruppa om sosial utjamning i barnehage og skule og Skjermbrukutvalet finansiert over denne posten.
Budsjettforslag for 2025
Departementet foreslår å løyve 1 143,4 mill. kroner på posten til ulike tiltak for kvalitetsutvikling i grunnopplæringa.
Departementet foreslår følgande flyttingar av midlar frå posten:
131 mill. kroner frå posten til kap. 226, post 63 Tilskot til utstyr og læringsarenaer på 5.–10. trinn (ny post)
30 mill. kroner frå posten til kap. 226, post 62 Tilskot til skulebibliotek og lesestimulering (ny post)
20 mill. kroner frå posten til kap. 220, post 21 – flytting av midlar til forvaltningsoppgåver i Utdanningsdirektoratet knytte til gjennomføring av eksamen
15 mill. kroner frå posten til kap. 226, post 65 Tilskot til skulemiljøteam og beredskapsteam
13,8 mill. kroner frå posten til kap. 220. post 21 for finansiering av tiltak som er utvikla, og no er i varig forvaltning
6,5 mill. kroner frå posten til kap. 224, post 71 Tilskot til læringstilbod om 22. juli
5 mill. kroner frå posten til kap. 260, post 50 for finansiering av små utdanningar innanfor spesialpedagogikk ved NTNU
4 mill. kroner frå posten til kap. 224, post 70 Tilskot til Stiftelsen 10. august
1 mill. kroner frå posten til kap. 260, post 50 for finansiering av matematikk.org til matematikksenteret
1 mill. kroner frå posten til kap. 220, post 01 for forvaltning av nye tilskot
Nedanfor følger omtale av større tiltak og viktige prioriteringar og endringar innanfor løyvingsforslaget. Departementet vil ved behov omdisponere midlar mellom dei ulike satsingane på posten.
Departementet foreslår ei tilsegnsfullmakt på 13 mill. kroner på posten, jf. forslag til vedtak IV nr. 1.
Tabell 4.12 Budsjettforslag for 2025, kap. 226, post 21
(i mill. kr) | |||
---|---|---|---|
Type tiltak | Kort om tiltaket | Saldert 2024 | Forslag 2025 |
Desentralisert ordning for kompetanseutvikling | Kollektiv kompetanseutvikling ut frå lokale behov. Utdanningsdirektoratet forvaltar ordninga og samarbeider tett med statsforvaltarembeta i alle fylke om vidareutvikling av praksisen knytt til ordninga. Forslaget er ein auke på 10 mill. kroner frå 2024. | 260 | 270 |
Kompetanseløftet i spesialpedagogikk og inkluderande praksis i barnehage, skule, PPT og eventuelt andre tenester | Målet er å bygge kompetanse, både hos PP-tenesta, hos tilsette i barnehagar og skular og i heile støttesystemet i laget rundt barna og elevane. Arbeidet blei starta i 2020, og ordninga er gradvis styrkt kvart år. Forslaget er ein auke på 5 mill. kroner frå 2024 til 2025. | 160 | 165 |
Yrkesfaglærarløftet | Tiltaket finansierer etter- og vidareutdanning for yrkesfaglærarar. Dette omfattar yrkesfaglærar 2-ordninga. Forslaget er ein auke på 5 mill. kroner frå 2024. | 120 | 125 |
Forsking, evaluering, statistikk m.m. | Departementet vil setje av om lag 90 mill. kroner på posten til arbeid med brukarundersøkingar, statistikk, forsking, evaluering og deltaking i internasjonale undersøkingar. | 110 | 90 |
Strategi for digital kompetanse og infrastruktur i barnehage og skule | Midlane skal nyttast til å følge opp Strategi for digital kompetanse og infrastruktur i barnehage og skule. Midlane skal mellom anna gå til felles støttetenester for personvern, informasjonstryggleik og universell utforming, vidare innsats for å utvikle dei digitale fellesløysingane i skulesektoren, styrking av forskings- og kunnskapsgrunnlaget, utvikling av eksamen for å handsame digitale utfordringar og rettleiing av sektoren, mellom anna om kunstig intelligens og trygge digitale omgivnader. Sjå også omtale under kap. 220, post 70 og kap. 220, post 01 og 21. | 74 | 89 |
Betre læringsmiljø | Dette omfattar ulike tiltak for å sikre eit betre læringsmiljø, under dette læringsmiljøprosjektet, ordninga med fylkesvise mobbeombod for barnehagar og skular, partnarskap mot mobbing m.m. Midlane skal gå til ein pakke som skal bidra til auka kompetanse i sektoren, slik at fleire elevar får eit trygt og godt skulemiljø og mobbetala går ned. 15 mill. kroner blir flytta til kap. 226, post 65 Tilskot til skulemiljøteam og beredskapsteam. | 53,2 | 42,2 |
Handhevingsordninga i skulemiljøsaker | Midlane skal medverke til å nå målet om ei effektiv og rettssikker ordning. | 55 | 55 |
Program for meir praktisk, variert og motiverande skule | Midlane skal gå til å utvikle ulike støtteressursar, kompetansetiltak, tiltak på vurderingsfeltet og til å setje i gang utviklingsprosjekt gjennom program for ein meir praktisk, variert og motiverande skule. | 30 | |
Oppfølgingsordninga | Kommunar som er med i ordninga, får støtte og rettleiing tilpassa dei lokale utfordringane. Ordninga må sjåast i samanheng med oppfølginga av NOU 2022: 13 og utvikling av eit heilskapleg system for kompetanse- og karriereutvikling for alle tilsette i barnehage og grunnopplæringa. | 34 | 28 |
Tiltak for å styrke barn og unges kompetanse i realfag | 15 mill. kroner skal bidra til å auke kompetansen i matematikk blant barn og unge, og dei blir tildelte matematikksenteret. 10 mill. kroner skal bidra til å auke kompetansen i naturfag blant barn og unge, og dei blir tildelte naturfagsenteret. | 25 | |
Betre bemanning og høgare kompetanse i barnehage og skule for å kunne ta hand om nykomne barn, unge og vaksne frå Ukraina | Dette er midlar til mellom anna etterutdanningstilbod og utviding av Fleksibel opplæring. | 20,9 | 20 |
Samisk fjernundervisning og samiske læremiddel | Dette inkluderer midlar til samisk fjernundervisning som blir tildelt Udir, ei utgreiing om læremiddelsituasjonen og 6 mill. kroner til samiske læremiddel i fagfornyinga som blir tildelt Sametinget. | 14 | 19 |
Tiltak for leseferdigheiter og lesemotivasjon | Midlane skal bidra til å auke leseferdigheiter og lesemotivasjon blant barn og unge, og dei blir tildelte lesesenteret. | 17,5 | 18 |
Dembra | Tiltaket blir koordinert av Senter for studier av Holocaust og livssynsminoriteter (HL-senteret), som mottek desse midlane. Auken på 2 mill. kroner som kom i revidert budsjett for 2024, blir vidareført. Det skal mellom anna gå til ei evaluering av Dembra. | 14,5 | 16,5 |
Eksamen og vurdering | Det er sett av midlar til utvikling av eksamen. Midlar til forvaltning av eksamen er flytta til kap. 220, post 21. | 20 | 16,0 |
Auka bemanning på skular i levekårsutsette område | Dette vidarefører ordninga som blei oppretta ved behandlinga av revidert budsjett for 2022. | 15 | 15,5 |
Digilær.no – nasjonal plattform for nettbasert undervisning | Midlane går til drift og utvikling av digilær.no. | 12,5 | 12,5 |
Symjeopplæring | 10 mill. kroner er tilskot til symjeopplæring for nykomne minoritetsspråklege elevar. 0,8 mill. kroner går til å støtte symjeopplæring for elevar i grunnskulen, mellom anna nettsida svømmedyktig.no og ferdigheitsprøva i symjing. | 11 | 10,8 |
Områdesatsing i Groruddalen og Oslo sør | Midlane skal gå til prosjekt innanfor barnehage og skule i områdesatsingane i Groruddalen (10 mill. kroner) og Oslo sør (0,5 mill. kroner). Målet med områdesatsingane, som er eit samarbeid mellom stat og kommune, er å betre miljø, butilhøve og levekår. | 10,5 | 10,5 |
Utvikling av kvalitet og kompetanse i SFO | Tildelinga skal bidra til betre implementering av ny rammeplan for SFO og til at kompetansen blant dei tilsette ved SFO blir styrkt. | 10 | 10 |
Nasjonalt senter for yrkesfag | Regjeringa vil opprette eit nasjonalt senter for yrkesfag som ei eining i Utdanningsdirektoratet. For 2025 foreslår regjeringa å styrke Utdanningsdirektoratet med 5 mill. kroner som skal bidra til å drifte senteret. I tillegg foreslår departementet 5 mill. kroner til forsking og utvikling ved senteret. Senteret skal vere ein pådrivar for nytenking og langsiktig strategisk arbeid for å auke kvaliteten i fag- og yrkesopplæringa. I tillegg skal senteret ha som mål å styrke samarbeidet mellom fag- og yrkesopplæringa i vidaregåande opplæring og høgare yrkesfagleg utdanning. | 10 | |
Fleksibel opplæring | Tilbodet gir opplæring over nettbaserte løysingar for minoritetsspråklege elevar med rett til tospråkleg opplæring i fag. | 9 | 9 |
Tiltak retta mot nasjonale minoritetar | Tildelinga inkluderer utvikling av læremiddel i kvensk og finsk og 2 mill. kroner til grunnskuleopplæring for romar i Lørenskog kommune. | 8 | 8 |
Rettleiing av nyutdanna nytilsette lærarar i barnehage og skule | Tildelinga går til universitet og høgskular etter søknad. Ho må sjåast i samanheng med midlar løyvde over kap. 231, post 21. | 7,5 | 7,8 |
Skuleval | Tildelinga dekker midlar til gjennomføring av skuleval hausten 2025. | 6,4 | |
Tilskot til støttegruppa etter 22. juli | Støttegruppa blei oppretta etter terrorangrepa i 2011 og jobbar for å fremje interessene til dei som blei ramma av terrorangrepa. Gruppa deltek òg i ei rekke forum med norske styresmakter og internasjonale aktørar. Tilskotet skal bidra til å styrke støttegruppa. | 4,5 | 4,5 |
Tilskot til WorldSkills Norway | I revidert budsjett for 2024 blei det etablert eit øyremerkt tilskot til WorldSkills Norway til å arrangere skule-NM. For 2025 foreslår departementet å auke tilskotet til 4 mill. kroner. Tilskotet skal nyttast til å arrangere skule-NM og andre aktivitetar. Tilskotet skal bidra til å auke interessa for yrkesfag. | 4 | |
Tilskot til Stiftelsen Lenken | Tilskotet skal støtte opp under arbeidet til stiftinga. | 2,0 | 2,0 |
EU Kids Online | Formålet med undersøkinga EU Kids Online er å auke kunnskapen om barn og foreldre sin bruk av internett og ny nettbasert teknologi. Kunnskapsdepartementet foreslår å tildele 0,5 mill. kroner til UiO som bidrag til gjennomføringa av undersøkinga i Noreg. Sjå også omtale i Prop. 1 S for Barne- og familiedepartementet og Prop. 1 S for Kultur- og likestillingsdepartementet. | 0,5 | 0,5 |
Anna | Løyvinga dekker òg drift av nokre tidsavgrensa prosjekt, tiltak for å følge opp fagfornyinga og utgifter til offentlege utval og ekspertutval som departementet har sett ned. | 66,5 | 23,2 |
Totalt | 1 143,4 |
Post 22 Vidareutdanning for lærarar og skuleleiarar
Løyvinga finansierer satsinga på vidareutdanning for lærarar og skuleleiarar, jf. Kompetanse for kvalitet. Revidert strategi for videreutdanning for lærere og skoleledere frem mot 2025.
Løyvinga finansierer også rektorutdanning og modulbasert vidareutdanning for skuleleiarar. For tilsette i skulen som manglar lærarutdanning, er det stipendordningar for toårig praktisk-pedagogisk utdanning (PPU), praktisk-pedagogisk utdanning for yrkesfag (PPU-Y) og treårig yrkesfaglærarutdanning (YFL). Staten har også finansiert stipendmidlar for at skuleeigarar kan rekruttere personar utanfrå som ønsker å ta ei yrkesfaglærarutdanning for å jobbe i skulen, stipendordning for minoritetsspråklege lærarar og stipend for å gjere ferdig lærarutdanning som har vorte avbroten tidlegare. I tillegg finansierer løyvinga tiltak for å betre rekrutteringa til lærarutdanningane og læraryrket i barnehage og skule.
Mål for 2025
Vidareutdanning for lærarar og skuleleiarar, kvalifisering og rekruttering av lærarar skal bidra til god fagleg og pedagogisk kvalitet i grunnopplæringa. Dette skal føre til at elevane lærer meir.
Resultat i 2023
Vidareutdanning for lærarar
I 2023 blei det brukt om lag 1,4 mrd. kroner til vidareutdanning for lærarar gjennom strategien Kompetanse for kvalitet. I skuleåret 2023–24 blei det gitt tilbod om vidareutdanning til over 6 600 lærarar.
Spesialpedagogikk har hatt den største auken i talet på lærarar som fekk tilbod om vidareutdanning. Studieåret 2023–24 fekk 1 491 lærarar tilbod om vidareutdanning i spesialpedagogikk. Det har vore auka interesse for dei praktiske og estetiske faga og 606 lærarar fekk tilbod innanfor desse faga. Frå studieåret 2023–24 er det seks nye studietilbod. Det var ein nedgang i talet på lærarar som søkte og fekk tilbod om vidareutdanning i matematikk, engelsk og norsk, men det er framleis i desse skulefaga flest lærarar får tilbod om vidareutdanning. Det vart innvilga dobbelt så mange søknader i begynnaropplæring samanlikna med året før. Rettleiarutdanning, andrespråkspedagogikk og programmering hadde òg ein vekst i innvilga søknader.
Ei deltakarundersøking i 2023 viste at lærarar som har teke vidareutdanning, meiner at vidareutdanninga er relevant, har god kvalitet og bidreg til auka refleksjon og engasjement, fagleg utbyte og endringar i undervisninga.
Rektorutdanninga og vidareutdanning for skuleleiarar
62,7 mill. kroner gjekk til rektorutdanninga og 26,6 mill. kroner gjekk til modulbasert vidareutdanning for skuleleiarar. I 2023 begynte 511 på rektorutdanninga og 440 på den modulbaserte vidareutdanninga for skuleleiarar, ei endring frå høvesvis 475 og 434 i 2022. Evalueringa av rektorutdanninga og den modulbaserte vidareutdanninga viser at deltakarane er svært nøgde med tilboda. Dei opplever at utdanningane er relevante og har gitt stort læringsutbyte.
Tiltak for å rekruttere til lærarutdanningane og læraryrket
I 2023 gjekk 81 mill. kroner til kompetansetiltak for ikkje-kvalifisert undervisningspersonell. Det blei utbetalt 539 nye stipend til personar for studium på PPU, PPU-Y, YFL, studium for minoritetsspråklege lærarar og studium for å fullføre lærarutdanninga. Av desse gjekk 77 stipend til å rekruttere personar utanfor skulen. Deltakarar i YFL frå 2020 og PPU frå 2021 fekk utbetalt siste del av stipendet etter fullført studium i 2023.
I 2023 gjekk 10 mill. kroner til Høgskulen på Vestlandet (HVL) for å finansiere Nasjonalt prosjekt for lærarrekruttering. Prosjektet har ei kunnskapsbasert tilnærming og jobbar breitt med rekruttering, i samarbeid med utdanningsinstitusjonar, barnehage- og skuleeigarar og andre sentrale organisasjonar. Prosjektet har som mål at fleire får kunnskap om kva det vil seie å vere lærar, at fleire søker seg til lærarutdanningane at fleire begynnar i yrket, og at det er større mangfald blant lærarar. I alt er prosjektet finansiert med 32 mill. kroner i perioden 2019–2023.
Budsjettforslag for 2025
Departementet foreslår å løyve 1 604,2 mill. kroner på posten. Posten er redusert med 75 mill. kroner mot ein tilsvarande auke på kap. 226, post 61. Posten er ytterlegare redusert med 31,7 mill. for å kunne prioritere andre tiltak.
Løyvinga finansierer mellom anna vidareutdanningsplassar våren 2025 og gir rom for å tilby vidareutdanning til om lag 5 400 lærarar hausten 2025 innanfor ordninga Kompetanse for kvalitet. I 2025 er engelsk, matematikk, norsk, norsk teiknspråk og samisk prioriterte fag i vidareutdanningsordninga. I tillegg vil søknader frå Finnmark fylke og søknader frå kommunar i oppfølgingsordninga bli prioriterte. Det er vidare sett av eigne pottar til spesialpedagogikk og praktiske og estetiske fag. I 2025 vil potten til dei praktiske og estetiske faga bli auka for å legge til rette for at fleire lærarar kan ta vidareutdanning. Frå hausten 2025 vil midlar til å tilby vidareutdanning bli tildelte direkte til universitet og høgskular. For informasjon om ny innretning på vidareutdanningsordninga frå 2026, sjå omtale av nytt heilskapleg system for kompetanse- og karriereutvikling over.
Det er behov for fleire kvalifiserte lærarar i barnehagar og skular. Regjeringa foreslår at 10 mill. kroner over posten skal gå til auka rekruttering til lærarutdanningane og læraryrket, ved behov vil regjeringa vurdere å auke innsatsen. Regjeringa vil vidareføre det nasjonale rekrutteringsarbeidet som blir koordinert av Høgskulen på Vestlandet og utført i samarbeid med barnehage- og skuleeigarar, universitet og høgskular, partane i sektoren og studentar. Dette er eit fleirårig og målretta arbeid med nasjonale og regionale tiltak for å få fleire lærarar i barnehage og skule over heile landet.
Som følge av dei stipendordningane som blir finansierte av løyvinga på posten, der delar av stipendet først blir utbetalte når utdanninga er fullført, er det behov for ei tilsegnsfullmakt på 332 mill. kroner knytt til posten, jf. forslag til vedtak IV nr. 1.
Post 45 Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast
Det blir ikkje løyvd midlar på denne posten i 2025.
Resultat i 2023
Løyvinga har finansiert innkjøp av eit nytt digitalt system for gjennomføring av prøvar og eksamenar. Målet med løyvinga var å gi elevane og eksamenskandidatane ei intuitiv og brukarvennleg teneste der dei kan få vist eigen kompetanse på fleire måtar enn i dag. Satsinga gjaldt først for treårsperioden 2019–2021, men på grunn av avlyst eleveksamen vart prosjektet avslutta først 1. september 2023.
Sluttrapporten frå prosjektet vart sendt departementet som del av avslutninga av prosjektet. Rapporten peikar på at innføringa av det nye systemet i hovudsak har vore vellukka, men understrekar at rammevilkåra for den nye tenesta har endra seg i prosjektperioden med vidareføring av todelt eksamen. Dette har gitt ein auke i kostnader til forvaltning av eksamen, jf. omtale under kap. 220, post 21.
Post 61 Tilskotsordning til rettleiing for nyutdanna nytilsette lærarar
Målgruppa for tilskotet er nyutdanna lærarar i barnehagen, grunnskulen og den vidaregåande skulen. Kommunar, fylkeskommunar og private barnehage- og skuleeigarar som gir rettleiing til nyutdanna lærarar, kan søke om tilskot til å planlegge og gjennomføre sjølve rettleiinga. Tilskotet skal brukast til direkte kostnader til rettleiinga.
Mål for 2025
Målet med løyvinga er både å bidra til at barnehage- og skuleeigarane følger opp ansvaret sitt for å ha rettleiingsordningar lokalt, og å styrke rettleiinga til den einskilde nyutdanna læraren. Målet med rettleiinga er at fleire nyutdanna lærarar får ein god overgang frå utdanninga til yrket, og at dei blir verande i barnehagen og skulen.
Resultat i 2023
I 2023 blei det innvilga 242 søknader, mot 268 i 2022. Dette omfatta 3 325 nyutdanna nytilsette lærarar i 207 kommunar og 25 private skular. Satsen per lærar i 2023 blei 19 413 kroner.
Tabell 4.13 Innvilga søknader om tilskot til rettleiing av nyutdanna nytilsette lærarar i perioden 2022–2023
2022 | 2023 | |
---|---|---|
Sats per lærar | 21 734 | 19 413 |
Innvilga søknader
| 268 209 59 | 242 207 35 |
Talet på lærarar med tilskot
| 2 828 2 704 124 | 3 325 3 251 74 |
Budsjettforslag for 2025
Departementet foreslår å løyve 145,4 mill. kroner på posten. Det er ein auke på 75 mill. kroner, i tråd med at ordninga blir utvida til også å gjelde nyutdanna lærarar i barnehage og vidaregåande skule.
Post 62 Tilskot til skulebibliotek og lesestimulering, kan nyttast under post 21
Posten er ny i 2025. For rapport om midlar til formålet i 2023, sjå kap. 226, post 21.
Bakgrunnen for opprettinga av posten er at midlane blir tildelte kommunar og derfor bør førast opp på ein 60-post.
Mål for 2025
Tilskotet skal bidra til å styrke skulebibliotek i grunnskulen. Styrkinga skal bidra til å betre leseferdigheiter, auka leselyst hos elevane og til å utvikle evna til kritisk tenking. Tilskotet skal òg medverke til at skulebiblioteka blir ein arena for læring og leseglede for alle elevgrupper og i alle fag.
Budsjettforslag for 2025
Departementet foreslår å løyve 50 mill. kroner på posten i 2025. Innsats i levekårsutsette område blir prioritert.
Post 63 Tilskot til utstyr og læringsarenaer på 5.–10. trinn
Posten er ny i 2025, men tilskotet blei oppretta i 2024. Bakgrunnen for flyttinga til ein ny post er at midlane blir tildelte kommunar og derfor bør førast opp på ein 60-post.
Mål for 2025
Tilskotet skal støtte og realisere potensialet i nytt læreplanverk og stimulere til meir praktisk, variert og relevant læring på 5.–10. trinn.
Budsjettforslag for 2025
Departementet foreslår å løyve 160 mill. kroner på posten i 2025. Alle kommunar kan søke om tilskot. Kommunar som søker og som har ein plan for bruk av tilskotet, mottek tilskot.
Tilskotet kan brukast til
utstyr som styrker dei praktiske sidene av dei praktiske og estetiske faga og/eller bidreg til meir praktisk, variert og relevant opplæring i andre fag
investeringar i læringsarenaer inne eller ute som fremjar praktisk og variert læring og/eller fysisk aktivitet
å inngå samarbeid om utstyr og læringsarenaer mellom grunnskular og vidaregåande skular, næringsliv og relevante organisasjonar
Post 65 Tilskot til skulemiljøteam og beredskapsteam
Posten er ny i 2025.
Mål for 2025
Tilskotet skal bidra til at skular i større grad førebygger mobbing og anna negativ utvikling, og at skular der behovet for støtte er særleg stort, får tett oppfølging. Tilskotet skal òg vere ei støtte for ein målretta innsats mot ungdomskriminalitet og utrygge skulemiljø i kommunane med dei største utfordringane med barne- og ungdomskriminalitet.
Budsjettforslag for 2025
Departementet foreslår å løyve 115 mill. kroner på posten i 2025. Dette inkluderer 15 mill. kroner som er flytta frå kap. 226, post 21. Av løyvinga er 70 mill. kroner til beredskapsteam mot ungdomskriminalitet og 45 mill. kroner til skulemiljøteam.
Post 71 Noregs forskingsråd – Tilskot til vitensenter
Eit vitensenter er eit lærings- og opplevingssenter for teknologi, naturvitskap og matematikk der besøkande lærer ved å eksperimentere. Vitensentera er eit viktig verkemiddel for auka kunnskap i teknologi og realfag og bidreg til å skape interesse for og rekruttering til eit kompetanseområde Noreg treng. Sentera fungerer som ei støtte, gir verktøy til skulane og lærarane i opplæringa og bidreg til å følge opp nasjonale strategiar. Tilbodet er basert på læreplanar i realfag. Hausten 2024 er det 13 vitensenter i Vitensenterprogrammet i Forskingsrådet:
Jærmuseet – Rogaland
Nordnorsk vitensenter – Tromsø
Vitensenteret i Oslo v/Norsk Teknisk Museum
Vilvite – Bergen
Vitenlaben – Grenland
Vitensenteret i Trondheim
Vitensenteret Innlandet – Gjøvik
Inspiria Science Center – Østfold
Sørlandet vitensenter – Arendal og Kristiansand
Vitenparken Campus Ås
Atlanterhavsparken – Ålesund
Vitensenter Nordland – Mo i Rana
ViteMeir – Kaupanger
Vitensenter som vil vere ein del av tilskotsordninga, må søke Forskingsrådet og dokumentere at dei oppfyller gitte kriterium. Forskingsrådet vurderer dette og gir ei tilråding til departementet.
Mål for 2025
Målet med tilskotet er å auke interessa for teknologi og realfag.
Resultat i 2023
I 2023 fekk 13 regionale vitensenter midlar frå denne posten. Sentera hadde betydeleg fleire besøkande i 2023 enn i 2022. Vitensentra leverte i 2023 undervisning til om lag 263 457 elevar og lærarar. Dette er 24 245 fleire enn året før. Ifølge lærarane er vitensentra eit viktig supplement til undervisninga i realfag.
Budsjettforslag for 2025
Departementet foreslår å løyve 120 mill. kroner på posten.
Løyvinga omfattar 17,9 mill. kroner til talentsenterordninga, som blei flytta til posten i statsbudsjettet for 2024. I tillegg vart ordninga styrkt med 5 mill. kroner, og departementet varsla at ordninga skulle leggast om. Departementet vil utvide talentsenterordninga med lærarkurs på alle talentsentera, slik at den kompetansen som talentsentera har opparbeidd seg, kjem fleire elevar til gode. Lærarane vil bli kursa i korleis dei kan gi motiverande opplæring både til elevar med stort læringspotensial og til heile klassar uavhengig av det meistringsnivået elevane har. Ein del av omlegginga er at talentsentera skal reise ut til skulane for å støtte lærarane i arbeidet med å lage slike undervisningsopplegg.
Tilskotet går til dei same seks sentera som har fått tilskot tidlegare. Innanfor løyvinga vil det bli gitt eit tilskot på 0,3 mill. kroner til Vitensenterforeningen.
Fordelinga av tilskotet til vitensentera blir vedteken av styret i Vitensenterprogrammet. Styret blir oppnemnt av Noregs forskingsråd. I styret sit mellom anna representantar frå akademia og næringslivet.
Kap. 227 Tilskot til særskilde skular
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2023 | Saldert budsjett 2024 | Forslag 2025 |
63 | Tilskot til kommunar og fylkeskommunar | 42 771 | 44 569 | 46 307 |
78 | Tilskot | 186 924 | 199 609 | 212 594 |
Sum kap. 227 | 229 695 | 244 178 | 258 901 |
Post 63 blir nytta når midlane går til kommunar og fylkeskommunar, medan post 78 blir nytta til tilskot til andre mottakarar.
Post 63 Tilskot til kommunar og fylkeskommunar
Mål for 2025
Målet med løyvinga er å støtte tilbod som ikkje har lovheimla rett til tilskot, men som departementet likevel ønsker å støtte fordi verksemda ved skulane dekker viktige behov.
Tilskot til vaksenopplæring i Sandefjord kommune
Stiftelsen Signo har ein institusjon og ein skule for døvblinde og personar med høyrselshemmingar i kombinasjon med funksjonsnedsetjingar. Verksemda ligg i Sandefjord kommune. Sandefjord kommune er etter opplæringslova ansvarleg for å finansiere vaksenopplæring. Tilskotet skal bidra til å dekke meirutgifter Sandefjord kommune har som følge av ansvaret for å gi vaksenopplæring til bebuarar ved Stiftelsen Signo.
Tilskot til Fjellheimen leirskule
Tilskotsmottakar er Engerdal kommune, og tilskotet skal nyttast til å drifte Fjellheimen leirskule. Fjellheimen leirskule er ein leirskule for barn, unge og vaksne med psykisk utviklingshemming eller lærevanskar.
Tilskot til dei kommunale sameskulane i Snåsa og Målselv
Tilskotet finansierer drift av dei kommunale sameskulane i Snåsa og Målselv med tilhøyrande internat. Skulen i Snåsa gir opplæring på sørsamisk, medan skulen i Målselv gir opplæring på nordsamisk. Skulane tek opp elevar frå heile landet. Tilskotet skal også bidra til å dekke utgifter til skuleskyss for elevar ved den kommunale sameskulen i Målselv.
Resultat i 2023
Tilskot til vaksenopplæring i Sandefjord kommune
Tilskotet kommunen fekk i 2023, gjekk til kjøp av vaksenopplæringstenester frå Stiftelsen Signo for dei 33 elevane som fekk opplæring.
Tilskot til Fjellheimen leirskule
Skulen kan ta inn opptil 1 000 deltakarar kvart år. I 2023 fekk 813 deltakarar eit opphald ved skulen, opp frå 782 personar året før.
Tilskot til dei kommunale sameskulane i Snåsa og Målselv
Sameskulen i Snåsa hadde 10 elevar hausten 2023, mot 11 elevar året før. Talet på elevar har falle dei siste åra. I tillegg fekk 52 elevar fjernundervisning, og det er ein stor auke frå 39 i 2022. Sameskulen i Målselv hadde 22 elevar hausten 2023, mot 18 elevar året før. I tillegg fekk 65 elevar fjernundervisning, ein stor auke frå 17 i 2022. For 2023 er det utbetalt 1,8 mill. kroner til Målselv kommune for utgifter til skuleskyss for elevar ved sameskulen.
Budsjettforslag for 2025
Departementet foreslår å løyve 46,3 mill. kroner på posten. Tabellen under viser fordelinga av løyvinga.
Tabell 4.14 Fordeling av tilskot på kap. 227, post 63
(i 1 000 kr) | |
---|---|
Tilskotsmottakar | Tilskot 2025 |
Vaksenopplæring i Sandefjord kommune | 6 330 |
Fjellheimen leirskule | 7 751 |
Dei kommunale sameskulane i Snåsa og Målselv | 32 226 |
Sum | 46 307 |
Post 78 Tilskot
Mål for 2025
Målet med løyvinga er å støtte private tilbod som ikkje har lovheimla rett til tilskot, men som departementet likevel ønsker å støtte fordi verksemda ved skulane dekker viktige behov.
Tilskot til Den franske skolen i Oslo
Tilskotet bygger på ein tosidig avtale mellom Noreg og Frankrike. Avtalen inneber at Noreg gir eit årleg tilskot til Den franske skolen i Oslo, mot at Frankrike legg til rette for opplæring av lærlingar frå Noreg i Frankrike. Tilskotet skal styrke samarbeidet med Frankrike og stillinga til det franske språket i Noreg.
Tilskot til internatdrifta ved Krokeide videregående skole og Feiring videregående skole
Krokeide videregående skole AS og Feiring videregående skole AS er godkjende etter privatskulelova § 2-1 bokstav f for å tilby særskilt tilrettelagd opplæring for elevar med dokumenterte behov. Skulane gir eit landsdekkande tilbod. Tilskotet skal bidra til drifta av internata og det sosialmedisinske hjelpeapparatet ved skulane, slik at skulane kan tilby yrkesretta vidaregåande opplæring for personar med fysiske eller psykiske utfordringar.
Tilskot til Røde Kors Nordisk United World College
United World Colleges (UWC) er ein internasjonal organisasjon som arbeider for å fremje fred og forståing gjennom utdanning. Det er i alt 18 UWC-skular i 18 land. Tilskotet går til Røde Kors Nordisk United World College i Fjaler i Vestland (RKNUWC). Skulen fører elevane fram til ein International Baccalaureate-eksamen (IB-eksamen).
Tilskot til Signo grunn- og videregående skole og Briskeby videregående skole
Målgruppene til Signo grunn- og videregående skole er døvblinde og elevar med høyrselshemming og ulike funksjonsnedsetjingar. Målgruppa til Briskeby videregående skole er elevar med nedsett høyrsel. Tilskotet skal bidra til at skulane kan halde fram med drifta på om lag same nivå som før dei blei godkjende etter privatskulelova § 2-1 bokstav f for å tilby særskilt tilrettelagd opplæring for elevar med dokumenterte behov. Tilskotet skal òg bidra til å dekke heimreisekostnader for elevane ved skulane og drift av internatet ved Signo grunn- og videregående skole.
Tilskot til opplæring i rusinstitusjonar
Tilskotet skal finansiere opplæringstilbodet som rusinstitusjonane Tyrilistiftelsen og Stiftelsen Fossumkollektivet har i Østfold og Innlandet. Tilskotet skal dekke kostnader til opplæring som ligg utanfor ramma av opplæringslova, og som derfor ikkje ligg under ansvaret til fylkeskommunane.
Tilskot til Lycée International de Saint-Germain-en-Laye
Tilskotet medverkar til at det blir gitt grunnskuleopplæring og vidaregåande opplæring til norske elevar ved den norske seksjonen ved Lycée International de Saint-Germain-en-Laye. I budsjettet for 2024 varsla departementet ei vurdering av tilskotsnivået til skulen. Etter dialog med skulen og ei heilskapleg vurdering av kor viktig seksjonen er for det fransk-norske utdanningssamarbeidet, foreslår departementet å vidareføre tilskotet.
Resultat i 2023
Tilskot til Den franske skolen i Oslo
I skuleåret 2023–24 hadde Den franske skolen i Oslo 272 elevar på barnetrinnet, 196 elevar på ungdomstrinnet og 107 elevar i vidaregåande opplæring. Samla hadde skulen 575 elevar, mot 563 elevar i skuleåret 2022–23.
Tilskot til internatdrifta ved Krokeide videregående skole og Feiring videregående skole
Krokeide videregående skole hadde i 2023 101 elevar på internatet om våren og 113 elevar om hausten, som er ein auke frå 2022. Feiring videregående skole hadde i 2023 93 elevar på internatet om våren og 109 elevar om hausten, som er ein auke frå 2022. Utnyttinga av kapasiteten på internata ved skulane er god.
Tilskot til Røde Kors Nordisk United World College
I skuleåret 2023–24 hadde skulen 197 elevar frå 83 land. 57 av elevane kom frå nordiske land. Elevtalet og fordelinga mellom regionane elevane kjem frå, har vore relativt stabile dei siste åra.
Tilskot til Signo grunn- og videregående skole og Briskeby videregående skole
Signo grunn- og videregående skole fekk våren 2023 tilskot for 17 elevar på grunnskulenivå og 13 heiltidselevar og 1 deltidselev på vidaregåande nivå. Om hausten var det 12 elevar på grunnskulenivå og 18 heiltidselevar og 1 deltidselev på vidaregåande nivå. Tilskotet til Briskeby videregående skole blei utbetalt for 39 heiltids- og 11 deltidselevar våren 2023 og 40 heiltids- og 9 deltidselevar om hausten. Elevtalet ved dei to skulane har vore relativt stabilt i dei siste åra, med unntak av grunnskulen ved Signo, som har hatt ein nedgang dei siste to åra.
Tilskot til opplæring i rusinstitusjonar
Fossumkollektivet hadde i 2023 til saman 81 elevar ved skuleavdelingane i Viken og 31 elevar ved dei to avdelingane i Innlandet. Ved dei to verksemdene Tyrilistiftelsen har i Innlandet, har 73 bebuarar hatt eit opplæringstilbod i regi av Frankmotunet, og 89 bebuarar har delteke på ulike skuletilbod i Lillehammer.
Tilskot til Lycée International de Saint-Germain-en-Laye
Hausten 2023 var det 33 elevar i grunnskulen og åtte elevar i vidaregåande skule som fekk opplæring i den norske seksjonen ved skulen.
Budsjettforslag for 2025
Departementet foreslår å løyve 212,6 mill. kroner på posten. Tabellen under viser fordelinga av løyvinga.
I revidert budsjett for 2023 omtala departementet dei økonomiske utfordringane som Den franske skolen i Oslo ville få som følge av auka husleige frå skuleåret 2025–26, jf. Prop. 118 S (2022–2023). Departementet varsla at tilskotet til skulen ville bli auka med 10 mill. kroner frå skuleåret 2025–26. Departementet foreslår derfor å auke tilskotet til Den franske skolen med 5,4 mill. kroner i statsbudsjettet for 2025. I dialog med skulen vil departementet setje vilkår for kor mange elevar skulen kan ha.
Tabell 4.15 Fordeling av tilskot på kap. 227, post 78
(i 1 000 kr) | |
---|---|
Tilskotsmottakar | Tilskot 2025 |
Den franske skolen i Oslo | 42 489 |
Internatdrifta ved Krokeide videregående skole | 31 564 |
Internatdrifta ved Feiring videregående skole | 18 817 |
Røde Kors Nordisk United World College | 44 186 |
Signo grunn- og videregående skole | 42 321 |
Briskeby videregående skole | 14 761 |
Opplæring i rusinstitusjonar | 12 929 |
Lycée International de Saint-Germain-en-Laye | 5 527 |
Sum | 212 594 |
Kap. 228 Tilskot til private skular o.a.
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2023 | Saldert budsjett 2024 | Forslag 2025 |
70 | Private grunnskular, overslagsløyving | 3 768 465 | 3 818 469 | 4 234 236 |
71 | Private vidaregåande skular, overslagsløyving | 1 953 560 | 2 122 517 | 2 376 143 |
72 | Diverse skular som gir yrkesretta opplæring, overslagsløyving | 151 752 | 152 104 | 171 187 |
73 | Private grunnskular i utlandet, overslagsløyving | 148 234 | 153 664 | 166 069 |
74 | Private vidaregåande skular i utlandet, overslagsløyving | 19 768 | 23 054 | 28 938 |
75 | Private skular med særskild tilrettelagd opplæring for elevar med dokumenterte behov, overslagsløyving | 512 203 | 515 696 | 576 595 |
76 | Andre private skular, overslagsløyving | 65 123 | 67 320 | 76 308 |
77 | Den tysk-norske skolen i Oslo, overslagsløyving | 32 744 | 34 586 | 36 193 |
78 | Kompletterande undervisning | 25 392 | 26 517 | 27 525 |
79 | Toppidrett | 79 375 | 82 868 | 86 017 |
80 | Distriktstilskot til private grunnskular | 3 110 | ||
81 | Elevutveksling til utlandet | 933 | 2 345 | 2 434 |
82 | Kapital- og husleigetilskot til private skular | 72 566 | 77 433 | 80 375 |
83 | Særtilskot til Møbelsnekkerskolen, Plus-skolen og Hjerleid Handverksskole | 5 000 | 5 000 | 5 190 |
84 | Redusert foreldrebetaling i skulefritidsordninga ved private skular | 47 089 | 108 346 | 143 231 |
85 | Særtilskot til private kombinerte grunnskular | 90 000 | ||
Sum kap. 228 | 6 882 204 | 7 193 029 | 8 100 441 |
Løyvingane over kap. 228 går i hovudsak til tilskot til private skular som er godkjende etter privatskulelova. I tillegg blir det over dette kapittelet gitt tilskot til kompletterande undervisning, jf. privatskulelova § 6-4, Den tysk-norske skolen i Oslo, toppidrett og elevutveksling i utlandet.
Private skular godkjende etter privatskulelova har rett til statstilskot. Til grunn for tilskotet ligg gjennomsnittlege driftsutgifter per elev i den offentlege skulen. Frå hausten 2024 tok ny tilskotsmodell for private grunnskular til å gjelde, jf. Prop. 65 L (2023–2024) og Innst. 335 L (2023–2024). Sjå nærare omtale om tilskotsmodellen og andre endringar i tilskotet under post 70.
Offentlege skular blir i hovudsak finansierte gjennom dei frie inntektene til kommunesektoren. Sidan elevar som går i private skular blir direkte finansierte gjennom tilskot frå staten, blir det gjort eit trekk i rammetilskotet til kommunane og fylkeskommunane tilsvarande 80 pst. av gjennomsnittskostnaden for kvar nye elev i privat skule (trekkordninga). Ordninga tek utgangspunkt i at 20 pst. av kostnaden for ein privatskuleelev ligg igjen i kommunen. Det er ei eiga ordning som deretter korrigerer rammetilskota til den einskilde kommunen og fylkeskommunen for elevar dei har i private skular, etter årleg fastsette satsar (korreksjonsordninga).
Elevtalsendringa frå skuleåret 2022–23 til 2023–24 gir eit trekk på 130,7 mill. kroner i rammetilskotet til kommunane og 57,9 mill. kroner i rammetilskotet til fylkeskommunane gjennom trekkordninga i 2025. Oversikta under viser meirutgiftene staten har for elevar i private grunnskular i Noreg. Private grunnskular i utlandet er ikkje med i oppstillinga. Det er ikkje laga ei tilsvarande oppstilling for vidaregåande opplæring.
Overslag 2025 | Mrd. kroner |
---|---|
Tilskot til private grunnskular kap. 228, post 70, tilskot til grunnskular under kap. 228, post 75 og særtilskot til kombinerte skular i Noreg under kap. 228, post 85 | 4,4 |
Akkumulert trekk frå rammetilskotet til kommunane | 2,3 |
Statens meirutgifter til private grunnskular | 2,1 |
Oversikta over viser at staten har ei meirutgift på 2,1 mrd. kroner for elevar i private grunnskular i Noreg i 2025, samanlikna med om elevane hadde gått i offentleg skule. Denne meirutgifta kan i hovudsak forklarast med tre forhold:
Private grunnskular blir kompenserte for smådriftsulemper gjennom statstilskotet, medan makrotrekket i rammetilskotet til kommunane skjer etter ein nasjonal gjennomsnittssats. Privatskulane har i hovudsak færre elevar enn offentlege skular, og gjennomsnittleg tilskot til privatskulane blir derfor høgare enn trekksatsen til kommunane. I tillegg blir kommunesektoren trekt 80 pst. av trekksatsen, medan privatskulane mottek 85 pst. av tilskotsgrunnlaget.
I revidert budsjett for 2024 blei det innført eit særtilskot til private kombinerte skular for å kompensere for reduksjonen i tilskot som følge av endra utrekningspraksis for desse skulane. Utrekningspraksisen blei endra hausten 2024, og blir fasa inn over fem år. Særtilskotet til kombinerte skular trappast gradvis opp i takt med at endringane fasast inn.
Trekkordninga med eit makrotrekk i rammetilskotet vart innført i 2001. Ved innføringa vart kommunesektoren trekt for dei årlege endringane i talet på elevar. Dermed vart det ikkje gjort trekk for vel 9 000 elevar som allereie gjekk i private grunnskular i 2001. Budsjetteffekten av dette er rekna til om lag 1,1 mrd. kroner.
Mål for 2025
Målet med tilskotsordningane er å medverke til at det kan bli oppretta og drive privatskular etter privatskulelova.
Resultat i 2023
Tabellen under viser endringar i talet på elevar som gir rett på tilskot, og private skular som fekk tilskot over post 70–76 frå skuleåret 2021–22 til skuleåret 2023–24. For grunnskulen gjeld tala frå elevteljinga 1. oktober. For vidaregåande skule viser tala gjennomsnittet av elevtalet frå elevteljingane 1. oktober og 1. april.
Tabell 4.16 Privatskular, tal på skular og elevar
Post | Skular | Elevar | |||||
---|---|---|---|---|---|---|---|
Skuletype | 2021–22 | 2022–23 | 2023–24 | 2021–22 | 2022–23 | 2023–24 | |
70 | Grunnskular | 258 | 266 | 266 | 27 007 | 27 973 | 28 943 |
71 | Vidaregåande skular | 83 | 84 | 84 | 14 9341 | 14 884 | 15 019 |
72 | Diverse skular som gir yrkesretta opplæring | 28 | 28 | 28 | 1 169 | 1 200 | 1 240 |
73 | Grunnskular i utlandet | 9 | 9 | 9 | 612 | 8332 | 8522 |
74 | Vidaregåande skular i utlandet | 3 | 3 | 3 | 108 | 1342 | 1612 |
75 | Skular med særskilt tilrettelagd opplæring for elevar med dokumenterte behov | 16 | 18 | 19 | 1 0101 | 1 131 | 1 226 |
76 | Andre private skular | 2 | 2 | 2 | 175 | 178 | 198 |
Sum | 400 | 410 | 411 | 45 015 | 46 333 | 47 639 |
1 Inkludert elevar tekne opp som følge av mellombels særregel om inntak i privatskular hausten 2020 og 2021.
2 Auken i talet på elevar ved skular i utlandet heng saman med at det var færre elevar ved skulane under covid-19-pandemien.
Kjelde: Utdanningsdirektoratet
Hausten 2023 gjekk 6 pst. av grunnskuleelevane i private skular, mot 4,4 pst. året før. Hausten 2023 gjekk 8,8 pst. av elevane i vidaregåande opplæring i private skular, som er det same som året før. Tala inkluderer alle elevar i private grunn- og vidaregåande skular i Noreg som er godkjende etter privatskulelova. Dei siste ti åra har det vore ein auke i delen elevar i private grunnskular og i private vidaregåande skular.
Post 70 Private grunnskular, overslagsløyving
Private grunnskular som er godkjende etter privatskulelova, får tilskot tilsvarande 85 pst. av tilskotssatsen.
Budsjettforslag for 2025
Departementet foreslår å løyve 4,2 mrd. kroner på posten. I løyvinga inngår ein auke på 76,8 mill. kroner som følge av oppdaterte elevtal og ein auke på 488,7 mill. kroner som følge av nye satsar i høve til saldert budsjett for 2024. I løyvinga inngår ein reduksjon på 149,7 mill. kroner som følge av andre år med innfasing av ny tilskotsmodell.
Ny tilskotsmodell for private grunnskular tok til å gjelde frå hausten 2024, jf. Prop. 65 L (2023–2024). Den statistiske berekningsmåten i førre tilskotsmodell hadde ikkje fungert sidan statsbudsjettet for 2020. Den nye tilskotsmodellen er i hovudsak ei vidareføring av prinsippa i modellen som gjaldt fram til 2020. I tillegg til innføring av ny tilskotsmodell blei utrekningspraksisen for private grunnskular endra. Det har lenge vore ein praksis der kombinerte barne- og ungdomsskular er blitt kompenserte for smådriftsulemper to gonger. Med endra utrekningspraksis blir kombinerte barne- og ungdomsskular berre kompenserte for smådriftsulemper éin gong.
Ny tilskotsmodell og utrekningspraksis førte til reaksjonar i privatskulesektoren. For å gi eit godt kunnskapsgrunnlag for å vurdere andre endringar i tilskotsmodellen, sette regjeringa ned ei arbeidsgruppe med representantar for privatskuleorganisasjonane. Arbeidsgruppa leverte sin rapport våren 2024. I samband med revidert nasjonalbudsjett for 2024 vedtok Stortinget endringar i tilskotsmodellen for private grunnskular, etter forslag frå regjeringa. Frå hausten 2024 skal årsverk og ikkje lærartimar leggast til grunn for å berekne tilskotssatsane for barnetrinn og ungdomstrinn. Det gir ei fordeling som er meir i tråd med kostnadene for trinna, jf. rapporten frå arbeidsgruppa om tilskot til private grunnskular. Den høgare satsen for ungdomstrinn skal nyttast for alle elevar ved kombinerte skular, jf. at rapporten frå arbeidsgruppa indikerer at kombinerte skular har kostnader per elev på om lag same nivå som reine ungdomsskular. Vidare blei det etablert eit særtilskot til kombinerte skular for å kompensere for reduksjonen i tilskot som følge av ny tilskotsmodell og endra utrekningspraksis for tilskotet til kombinerte skular, jf. post 85.
Alle endringane i tilskotet blir fasa inn over fem år etter at dei tok til å gjelde frå hausten 2024, slik at endringane er fullt innfasa i løpet av hausten 2028. Overgangsordninga tek utgangspunkt i det tilskotet skulen får med ny tilskotsmodell og utrekningspraksis hausten 2024, og det tilskotet skulen ville fått om førre modell og utrekningspraksis hadde vore vidareførte.
Post 71 Private vidaregåande skular, overslagsløyving
Private vidaregåande skular som er godkjende etter privatskulelova, får tilskot tilsvarande 85 pst. av tilskotssatsen. Satsane for tilskot til private vidaregåande skular bygger på dei gjennomsnittlege utgiftene i den offentlege skulen to år tidlegare. Det blir rekna ut ein sats for kvart utdanningsprogram.
I statsbudsjettet for 2023 blei dei ulovfesta tilskota til Kongshaug Musikkgymnas, Oslo by steinerskole og Kristen VGS Vennesla (no Oasen videregående skole) avvikla frå hausten 2023. Desse tre skulane har fått tilskota fordi dei har musikktilbod som er rekna som dyrare enn det som bli fanga opp av satsen for utdanningsprogrammet musikk, dans og drama. Ved behandlinga av statsbudsjettet for 2024 skreiv eit fleirtal i utdannings- og forskingskomiteen følgande merknad, jf. Innst. 12 S (2023–2024):
Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Senterpartiet og Sosialistisk Venstrepartiet, ber om en gjennomgang av finansieringssystemet for de private videregående skolene. I den sammenhengen vil det være mulig å se på situasjonen til Kongshaug Musikkgymnas, Oslo by steinerskole og Kristen VGS Vennesla.
Departementet viser til at særtilskota til Kongshaug Musikkgymnas og Oslo by steinerskole vart gjeninnførte i revidert budsjett for 2024. I tillegg foreslår departementet at særtilskotet til Oasen videregående skole blir gjeninnført i 2025-budsjettet. Departementet meiner dermed behovet for ein gjennomgang av tilskotsmodellen for private vidaregåande skular er redusert. Departementet vil derfor ikkje no greie ut tilskotsmodellen nærare.
Budsjettforslag for 2025
Departementet foreslår å løyve 2,4 mrd. kroner på posten. I løyvinga inngår ein auke på 15,1 mill. kroner som følge av oppdaterte elevtal og ein auke på 224,8 mill. kroner som følge av nye satsar i høve til saldert budsjett for 2024.
Departementet foreslår å auke løyvinga med 13,7 mill. kroner som følge av at særtilskotet til Oasen videregående skole, Konghaug Musikkgymnas og Oslo by steinerskole blir gjeninnført. Særtilskotet fordeler seg slik: Kongshaug Musikkgymnas med 5 mill. kroner, Oslo by steinerskole med 5,6 mill. kroner og Oasen videregående skole med 3,1 mill. kroner.
Post 72 Diverse skular som gir yrkesretta opplæring, overslagsløyving
Satsane for tilskot til skular som er godkjende etter kap. 6A i privatskulelova, med unntak av Norsk Yrkesdykkerskole, er baserte på tre av satsane for private vidaregåande skular. Dei tre satsane er dei same som for utdanningsprogram for studiespesialisering, idrettsfag og musikk, dans og drama. Skular som er godkjende etter kap. 6A i privatskulelova, har tidlegare fått 75 pst. av tilskotssatsane. Frå skuleåret 2023–24 får skulane 65 pst. av tilskotssatsane. I dag er 28 skular godkjende etter kap. 6A i privatskulelova. Desse er bibelskular, kunstskular og Norsk Yrkesdykkerskole.
Kunnskapsdepartementet har sett i gang ein prosess med å greie ut moglege alternative lovplasseringar og rammeføresetnader for skular godkjende etter kap. 6A. Denne utgreiinga vil bli gjennomført i dialog med skulane og organisasjonane deira. Eit av formåla med prosessen er å skape meir føreseielegheit for dei skulane som i dag er omfatta av privatskulelova kap. 6A.
Budsjettforslag for 2025
Departementet foreslår å løyve 171,2 mill. kroner på posten. I løyvinga inngår ein auke på 3,9 mill. kroner som følge av oppdaterte elevtal og ein auke på 15,1 mill. kroner som følge av nye satsar i høve til saldert budsjett for 2024.
Post 73 Private grunnskular i utlandet, overslagsløyving
Skulane får tilskot etter same grunnlag som private grunnskular i Noreg, men satsen blir høgare fordi desse skulane ikkje er omfatta av ordninga med kompensasjon for meirverdiavgift. Posten omfattar òg avrekning mellom Noreg og Sverige for svenske elevar i norske skular i utlandet og for norske elevar ved svenske private grunnskular i utlandet. I tillegg omfattar posten utgifter til spesialundervisning.
Frå hausten 2024 mottek private grunnskular i utlandet tilskot etter ny tilskotsmodell og andre endringar i tilskotet til private grunnskular, jf. omtalen under post 70.
Budsjettforslag for 2025
Departementet foreslår å løyve 166,1 mill. kroner på posten. I løyvinga inngår ein auke på 2,4 mill. kroner som følge av oppdaterte elevtal og ein auke på 11,8 mill. kroner som følge av nye satsar i høve til saldert budsjett for 2024. I løyvinga inngår ein reduksjon på 3,5 mill. kroner som følge av endringar i tilskotet for private grunnskular som tok til å gjelde hausten 2024, jf. omtale under post 70. Endringane vil bli fasa inn gradvis over fem år, slik at ny tilskotsmodell og utrekningspraksis er fullt innfasa i løpet av hausten 2028. For å kompensere for endringane er det etablert eit særtilskot for private kombinerte skular, jf. post 85. Dei private grunnskulane i utlandet er omfatta av denne ordninga.
Post 74 Private vidaregåande skular i utlandet, overslagsløyving
Skulane får tilskot etter same grunnlag som private vidaregåande skular i Noreg, men satsen blir høgare fordi desse skulane ikkje er omfatta av ordninga med kompensasjon for meirverdiavgift. Posten omfattar òg utgifter til spesialundervisning.
Budsjettforslag for 2025
Departementet foreslår å løyve 28,9 mill. kroner på posten. I løyvinga inngår ein auke på 3,4 mill. kroner som følge av oppdaterte elevtal og ein auke på 2,5 mill. kroner som følge av nye satsar i høve til saldert budsjett for 2024.
Post 75 Private skular med særskilt tilrettelagd opplæring for elevar med dokumenterte behov, overslagsløyving
Private grunn- og vidaregåande skular med særskilt tilrettelagd opplæring for elevar med dokumenterte behov får tilskot tilsvarande 100 pst. av ein normalsats per elev. Nokre av skulane får i tillegg statstilskot til husleigeutgifter på same nivå som i 2003, jf. Innst. O. nr. 80 (2002–2003).
I Prop. 65 L (2023–2024) foreslo departementet å endre namnet på godkjenningsgrunnlaget i privatskulelova § 2-1 andre ledd bokstav f til: «særskilt tilrettelagd opplæring for elevar med dokumenterte behov». Stortinget slutta seg til dette forslaget, og lovendringa tok til å gjelde 1. juli 2024. På bakgrunn av rapporten frå Oxford Research AS har departementet hatt på høyring forslag til endringar i forskrift til privatskulelova og økonomiforskrift til privatskulelova. Forskriftsendringane tok til å gjelde 1. august 2024.
Budsjettforslag for 2025
Departementet foreslår å løyve 576,6 mill. kroner på posten. I løyvinga inngår ein auke på 40,1 mill. kroner som følge av oppdaterte elevtal og ein auke på 20,8 mill. kroner som følge av nye satsar i høve til saldert budsjett for 2024.
Post 76 Andre private skular, overslagsløyving
Posten omfattar Unge Sjømenns Kristelige Forening (MS Gann) og Maritim videregående skole Sørlandet (MS Lofoten). Skulane får tilskot per elev etter satsen for utdanningsprogram for teknikk og industriell produksjon eller elektro. Skulane får 85 pst. av tilskotssatsen. I tillegg får skulane eit fast tilskot for ekstrakostnader ved skuledrift på skip.
Budsjettforslag for 2025
Departementet foreslår å løyve 76,3 mill. kroner på posten. I løyvinga inngår ein auke på 3 mill. kroner som følge av oppdaterte elevtal og ein auke på 6 mill. kroner som følge av nye satsar i høve til saldert budsjett for 2024.
Post 77 Den tysk-norske skolen i Oslo, overslagsløyving
Avtalen mellom Noreg og Tyskland om Den tysk-norske skolen i Oslo blei ført vidare og godkjend av Stortinget i april 2018, jf. Innst. 337 S (2017–2018) og Prop. 78 S (2017–2018). Tilskotet blir rekna ut på same måte som tilskotet til private skular som er godkjende etter privatskulelova, men med 54,4 pst. av tilskotssatsen. I tillegg blir det gitt eit særskilt tilskot som kompensasjon for at skulen ikkje lenger får tilskot til kompletterande undervisning, og for å dekke høgare husleigekostnader til nye, større lokale for skulen. Flyttinga til dei nye lokala har gitt skulen visse kostnader som ikkje var pårekna. Kunnskapsdepartementet vil kome tilbake til Stortinget om saka på eigna tidspunkt.
Den nye tilskotsmodellen for private grunnskular innebar isolert sett eit redusert tilskot til Den tysk-norske skolen i Oslo. Skulen er i ei særstilling og ein viktig del av samarbeidet med Tyskland. For at skulen skulle kunne halde fram aktiviteten på same nivå som før, blei særtilskotet som ikkje følger av avtalen med Tyskland, auka tilsvarande reduksjonen som følgde av ny tilskotsmodell. Særtilskotet blir vidareført i 2025 med prisjustering.
Mål for 2025
Tilskotet skal styrke samarbeidet med Tyskland og stillinga til det tyske språket i Noreg.
Resultat i 2023
Hausten 2023 var det til saman 320 elevar ved Den tysk-norske skolen i Oslo, og av dei gjekk 263 elevar i grunnskulen og 57 elevar i vidaregåande skule. Det er noko lågare elevtal enn hausten 2022.
Budsjettforslag for 2025
Departementet foreslår å løyve 36,2 mill. kroner på posten. I løyvinga inngår ein reduksjon på 2,2 mill. kroner som følge av oppdaterte elevtal og ein auke på 3,4 mill. kroner som følge av nye satsar i høve til saldert budsjett for 2024.
Post 78 Kompletterande undervisning
Tilskotsordninga medverkar til å finansiere kompletterande undervisning i norsk, samfunnsfag og kristendom, religion, livssyn og etikk (KRLE) for norske elevar ved utanlandske eller internasjonale grunnskular i utlandet. Tilskotsmottakarar i ordninga er to sertifiserte nettskular – Globalskolen og Norskskolen.
Mål for 2025
Målet med tilskotet er at norske elevar ved internasjonale eller utanlandske grunnskular i utlandet skal ha høve til å få nettundervisning i norsk, samfunnsfag og kristendom, religion, livssyn og etikk (KRLE).
Resultat i 2023
I 2023 gav nettskulane kompletterande undervisning til i alt 1 430 elevar.
Budsjettforslag for 2025
Departementet foreslår å løyve 27,5 mill. kroner på posten.
Post 79 Toppidrett
Ordninga gjeld skular som i tillegg til godkjenninga etter privatskulelova er godkjende som toppidrettsgymnas av Norges idrettsforbund og olympiske og paralympiske komité. Løyvinga omfattar òg eit forvaltningstilskot til Olympiatoppen.
Skular med tilbod om toppidrett som er godkjende av Olympiatoppen, blir ikkje automatisk omfatta av ordninga med særskilt toppidrettstilskot.
Mål for 2025
Målet med tilskotet er at dei skulane som er omfatta av ordninga, kan legge til rette for at toppidrettsutøvarar kan kombinere trening med vidaregåande opplæring.
Tilskotet skal òg bidra til Olympiatoppens arbeid med å behandle søknader om kvalitetssikring av toppidrettsdelen av tilbodet ved skular godkjende etter privatskulelova § 2-1 andre ledd bokstav d.
Resultat i 2023
Hausten 2023 var det totalt 2 657 toppidrettselevar ved dei 13 skulane som fekk tilskot til toppidrett. Det er 168 færre enn i 2022.
Budsjettforslag for 2025
Departementet foreslår å løyve 86 mill. kroner på posten. I løyvinga inngår 397 000 kroner til eit forvaltningstilskot til Olympiatoppen.
Tabell 4.17 Fordeling av tilskot over kap. 228, post 79
(i 1 000 kr) | |
---|---|
Skular som får toppidrettstilskot | Særtilskot 2025 |
Haugesund Toppidrettsgymnas AS | 7 160 |
Norges Toppidrettsgymnas Bodø AS | 2 605 |
Norges Toppidrettsgymnas Bærum AS | 10 756 |
Norges Toppidrettsgymnas Geilo AS | 2 939 |
Norges Toppidrettsgymnas Kongsvinger AS | 4 610 |
Norges Toppidrettsgymnas Lillehammer AS | 8 539 |
Norges Toppidrettsgymnas Tromsø AS | 4 180 |
Stiftelsen Telemark Toppidrett gymnas | 7 379 |
Wang AS (Oslo) | 14 331 |
Wang Fredrikstad AS | 5 738 |
Wang Hamar AS | 6 233 |
Wang Toppidrett Stavanger AS | 5 272 |
Wang Tønsberg AS | 5 878 |
Sum | 85 620 |
Post 80 Distriktstilskot til private grunnskular
I statsbudsjettet for 2024 blei det innført eit søknadsbasert tilskot for private grunnskular i Noreg som kan dokumentere meir enn 10 km reiseveg til næraste offentlege skule. Tilskotet er ikkje lovfesta, og det kan bli gitt til kombinerte skular som hausten 2024 fekk redusert tilskot som følge av endra utrekningspraksis. Skulen måtte vere godkjend og i drift då ny tilskotsmodell tok til å gjelde. Målet med ordninga var å medverke til at privatskular som ligg langt unna næraste offentlege tilbod, og som fekk redusert tilskot som følge av endra utrekningspraksis for private kombinerte barne- og ungdomsskular, kan halde fram drifta.
Budsjettforslag for 2025
Som følge av innføringa av eit særtilskot til private kombinerte grunnskular som kompenserer for reduksjonen i tilskotet, jf. post 85 og omtale under post 70, vil desse skulane få ein monaleg lågare reduksjon i tilskotet. Departementet vil avvikle ordninga og foreslår dermed inga løyving på posten for 2025.
Post 81 Elevutveksling til utlandet
Tilskotsordninga gjeld utveksling til utlandet for elevar ved tre private vidaregåande skular med rett til statstilskot. Desse er Danielsen videregående skole i Bergen, Heltberg Private Gymnas i Oslo og Drottningborg videregående skole i Grimstad.
Resultat i 2023
33 elevar utløyste tilskot for skuleåret 2022–23, ein auke på éin elev frå skuleåret 2021–22. To skular fekk tilskot. Samla vart det utbetalt 933 000 kroner i 2023.
Budsjettforslag for 2025
Departementet foreslår å løyve 2,4 mill. kroner på posten.
Post 82 Kapitaltilskot til privatskular, kapital- og husleigetilskot
Mål for 2025
Målet med tilskotsordninga er å medverke til at private skular i Noreg skal kunne finansiere husleige og vedlikehald og rehabilitering av bygg.
Resultat i 2023
I 2023 fekk private skular 72,6 mill. kroner i kapitaltilskot. Tilskotet er ei rammestyrt ordning og blei fordelt på grunnlag av elevtal mellom dei private grunn- og vidaregåande skulane i Noreg som får driftstilskot over kap. 228, post 70 og 71.
Budsjettforslag for 2025
Departementet foreslår å løyve 80,4 mill. kroner på posten.
Post 83 Tilskot til Møbelsnekkerskolen, Plus-skolen og Hjerleid Handverksskole
Møbelsnekkerskolen, Plus-skolen og Hjerleid Handverksskole har godkjenning etter privatskulelova § 2-1 andre ledd bokstav h, vidaregåande opplæring i yrkesfaglege studieprogram. Dette godkjenningsgrunnlaget blei oppheva ved lovendring som tok til å gjelde 15. juni 2022. Plus-skolen og Hjerleid Handverksskole har òg godkjenning etter privatskulelova § 2-1 andre ledd bokstav g, tradisjonshandverksfag.
Mål for 2025
Målet med tilskotsordninga er å bidra til finansiering av skulane, slik at dei kan halde oppe tilboda innanfor tradisjonshandverksfag.
Resultat i 2023
I 2023 vart det utbetalt 5 mill. kroner i tilskot til dei tre skulane, fordelt etter godkjent elevtal.
Budsjettforslag for 2025
Departementet foreslår å løyve 5,2 mill. kroner på posten. Tilskotet blir fordelt slik: Hjerleid Handverksskole AS med 2,2 mill. kroner, Plus-skolen AS med 2,3 mill. kroner og Møbelsnekkerskolen AS med 0,6 mill. kroner.
Post 84 Redusert foreldrebetaling i skulefritidsordninga ved private skular
Ordninga gjeld frå 1. august 2021 og omfattar no to tilbod. Det eine tilbodet inneber at elevar på 1.–4. trinn frå familiar med låg inntekt ikkje skal betale meir enn 6 pst. av samla personinntekt i hushaldet etter skattelova kapittel 12 og skattepliktig kapitalinntekt for ein SFO-plass. Det andre tilbodet gjeld 12 timar gratis SFO per veke for elevar på 1.–3. trinn.
Mål for 2025
Målet med tilskotsordninga er å medverke til at skulefritidsordninga (SFO) ved private skular kan tilby redusert foreldrebetaling i SFO på same måte som i SFO ved offentlege skular.
Resultat i 2023
I 2023 blei det løyvd 59,4 mill. kroner for at dei private grunnskulane skulle kunne tilby 12 timar gratis SFO for elevar på 1. og 2. trinn og redusert foreldrebetaling på SFO for elevar på 1.–4. trinn frå familiar med låg inntekt. Hausten 2023 kom det inn 178 søknader for SFO-året 2023–24. Det vart innvilga 12 timar gratis SFO til 3 624 elevar på 1. og 2. trinn og redusert betaling for 74 elevar på 1.–4. trinn med bakgrunn i den samla inntekta i hushaldet. 47,1 mill. kroner av løyvinga blei nytta.
Budsjettforslag for 2025
Departementet foreslår å løyve 143,2 mill. kroner på posten. Det inkluderar ein auke på 29,6 mill. kroner for å dekke heilårseffekt av utviding av ordninga for 3. trinn frå hausten 2024. Dette skal gå til lågare foreldrebetaling for elevar frå familiar med låg inntekt på 1.–4. trinn og til å gi 12 timar gratis SFO for elevar på 1., 2. og 3. trinn.
Post 85 Særtilskot til private kombinerte grunnskular
Ein del private kombinerte skular får monaleg reduksjon i tilskotet som følge av den nye utrekningspraksisen for private grunnskular, som tok til å gjelde frå hausten 2024. Særtilskotet skal motverke effektane av dette. Tilskotet blir utbetalt per elev i dei kombinerte skulane i intervallet 46–90 elevar. Tilskotet skal etter planen trappast opp gradvis til 300 mill. kroner i takt med innfasinga av ny tilskotsmodell og utrekningspraksis for kombinerte skular.
Mål for 2025
Målet med tilskotet er å kompensere kombinerte skular som får redusert tilskot som følge av ny utrekningspraksis for desse skulane.
Budsjettforslag for 2025
Departementet foreslår å løyve 90 mill. kroner på posten.
Kap. 229 22. juli-senteret
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2023 | Saldert budsjett 2024 | Forslag 2025 |
01 | Driftsutgifter | 21 735 | 23 236 | 34 028 |
45 | Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast, kan nyttast under post 01 | 10 294 | 27 249 | 24 400 |
Sum kap. 229 | 32 029 | 50 485 | 58 428 |
22. juli-senteret formidlar kunnskap om terrorangrepet i regjeringskvartalet og på Utøya 22. juli 2011. Senteret skal gjennom utstillingar, undervisning og andre pedagogiske opplegg forvalte minnet om terrorangrepet og setje det inn i både ein historisk og ein dagsaktuell kontekst.
Post 01 Driftsutgifter og post 45 Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast, kan nyttast under post 01
Mål for 2025
Måla for 22. juli-senteret er:
Elevar, lærarar og lærarstudentar lærer om og reflekterer over terrorangrepet 22. juli 2011 og tilgrensande tematikk.
Læringsressursane til 22. juli-senteret er tilgjengelege for befolkninga i heile landet.
22. juli-senteret dokumenterer, bevarer og formidlar relevante perspektiv og gjenstandar knytte til terrorangrepet 22. juli 2011.
22. juli-senteret skal arbeide for at eit permanent senter blir utforma slik at det blir eit godt nasjonalt minne- og læringssenter for besøkande.
Resultat i 2023
Elevar og lærarar er den viktigaste målgruppa til 22. juli-senteret. Senteret har i 2023 særleg auka innsatsen retta mot lærarar og lærarstudentar og gjort eit arbeid for å evaluere effekten. I 2023 besøkte 10 926 elevar, 504 lærarstudentar og 227 lærarar senteret.
I 2023 opna den mellombelse utstillinga MEDIA 22.–26. juli 2011. Senteret har i 2023 vidareutvikla filmprosjektet Historier om de vi mistet, der fokus er å dokumentere livet til offera for terrorangrepet og korleis det er å leve med konsekvensane av 22. juli for dei etterlatne.
Budsjettforslag for 2025
Departementet foreslår å løyve 34 mill. kroner på post 01 og 24,4 mill. kroner på post 45.
I statsbudsjettet for 2022 blei det gitt ei startløyving for å reetablere 22. juli-senteret permanent i tilknyting til tidlegare lokale ved Høgblokka i regjeringskvartalet. Senteret skal vere eit minne- og læringssenter, og bygget er planlagt ferdig 4. kvartal 2025. Byggeprosjektet har ei samla kostnadsramme på 541,9 mill. kroner (prisnivå per 1.7.2024). Midlane til byggeprosjektet blir løyvde over budsjettet til Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet, kap. 2445, post 33. I tillegg kjem ei samla løyving på 90,5 mill. kroner over fleire år til inventar og brukarutstyr og til å etablere utstilling, over kap. 229, post 45.
Departementet foreslår å auke løyvinga med 5 mill. kroner til husleige i samband med at senteret overtek dei ombygde lokala 4. kvartal 2025.
I revidert budsjett for 2024 vart det løvyd midlar til for å styrke senteret med ei stilling for å utvide det pedagogiske tilbodet. Stillinga får heilårseffekt i 2025, og departementet foreslår derfor å auke løyvinga med 1 mill. kroner. Departementet foreslår å auke løyvinga på post 01 med 4 mill. kroner for å styrke arbeidet til senteret med elevar og andre besøkande, i samband med at dei førebur opning for publikum i nytt senter våren 2026. Dette følger opp tilrådinga frå Ekstremismekommisjonen.
Kap. 230 Statleg spesialpedagogisk teneste
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2023 | Saldert budsjett 2024 | Forslag 2025 |
01 | Driftsutgifter | 606 005 | 628 299 | 606 613 |
21 | Særskilde driftsutgifter | 29 430 | 27 200 | 28 234 |
45 | Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast | 10 748 | 10 936 | 11 428 |
70 | Tilskot til kompetansetenester på høyrselsfeltet | 39 000 | ||
Sum kap. 230 | 646 183 | 666 435 | 685 275 |
Statped er ei statleg spesialpedagogisk støtteteneste for kommunar og fylkeskommunar i arbeidet for at barn, unge og vaksne med varige og omfattande behov for særskild tilrettelegging får gode, tilpassa barnehage- og opplæringstilbod i inkluderande fellesskap. Statped har ein særskild funksjon knytt til samiskspråklege med spesialpedagogiske behov, basert på god forståing for samisk språk og kulturutvikling. Statped driv Diamanten skole i Oslo, som er ein grunnskule og vidaregåande skule for døvblindfødde. Statped er også alternativ opplæringsarena for elevar i og på tegnspråk. Statped har i perioden 2020–2024 vore i ei omstilling som har gjort verksemda landsdekkande. Som følge av omstillinga blei løyvinga til Statped redusert med 115 mill. kroner i perioden 2020–2023. Midlar frå reduksjonen har gått til å bygge opp kompetanseløftet for spesialpedagogikk og inkluderande praksis for kommunar, fylkeskommunar og PPT.
Post 01 Driftsutgifter, post 21 Særskilde driftsutgifter og post 45 Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast
Løyvingane gjeld drift av Statped, inkludert ventelønn og lønn etter rettsvilkårsavtalen for overtalige. I tillegg blir det over post 01 gitt midlar til internasjonalt samarbeid o.a., utgifter til medlemskap i og nasjonal koordinator for The European Agency for Special Needs and Inclusive Education, og til å følgeevaluere omstillinga i Statped.
Mål for 2025
Kommunar og fylkeskommunar får tenester og støtte til kompetanseutvikling som fremjar læring, utvikling og deltaking i eit inkluderande fellesskap for barn og elevar med varige og komplekse spesialpedagogiske behov.
Barn og elevar med rett til opplæring i og på teiknspråk er inkluderte både i eit norsk/samisk og eit norsk teiknspråkleg fellesskap.
Kommunar og fylkeskommunar har tilrettelagde læremiddel og pedagogisk materiell som fremjar læring, utvikling og deltaking for teiknspråklege, blinde og sterkt svaksynte barn og elevar i eit inkluderande fellesskap.
Resultat i 2023
Statped skal støtte alle kommunar og fylkeskommunar i landet over eit breitt spekter av særleg spesialiserte fagområde og har tilsette på 12 stadar i Noreg.
I 2023 fullførte Statped ein verksemdsstrategi for perioden 2023–2027. Denne gir retning for korleis måla skal nåast, med særleg vekt på kompetanseutvikling, teiknspråkopplæring og læremiddel. Kunnskap om utviklingstrekk og utfordringar i opplæringssektoren var sentralt for å styre utviklinga av strategien.
Statped gav støtte i einskildsaker til over 93 pst. av kommunane i landet. Det var ei utvikling mot fleire systemsøknader og god deltaking på kurs og konferansar. Auka etterspurnad under kompetanseløftet førte til at etaten deltok i over 160 nettverksmøte, samlingar og konferansar og bidrog med spesialpedagogiske perspektiv og kompetanse. Statped var representert i samarbeidsforum i alle fylke.
Ved å vere tett på kvardagen til tilsette i PPT og i klasseromma får Statped ei god forståing av kva behov for kompetanse og kapasitet dei har. Spør oss-tenesta sikra dagleg kontakt med kvardagen i barnehagar og skular. Statped merka òg den auka merksemda om alvorleg skulefråvær og såg ein vekst i stadig meir komplekse søknader på fagområdet samansette lærevanskar (SLV) og språk/tale. Etterspurnaden etter kompetanseheving innanfor alternativ, supplerande kommunikasjon (ASK) var òg aukande.
I 2023 gjennomførte Statped fleire prosjekt og prosessar som styrkte målet om lik tilgang til og kvalitet på tenestene. Dette inkluderte å betre og forenkle søknadsprosessen, kvalitetssikre tenesteutøvinga, konkretisere tenestetilbodet i dialog med kommunane, utvikle samarbeidet med spesialisthelsetenesta og utvikle nettsidene. Arbeidet med å forenkle søknadsprosessane, og prosjektet Éi dør inn vart testa og fullført i 2023. Ved slutten av året resulterte arbeidet i reduksjon i ventetid. Det vart enklare å søke, og svara kom raskare.
Gjennom 2023 var dei formelle arenaene for brukarmedverknad hos Statped det nasjonale brukarrådet, dei fire faglege brukarråda, ungdomsrådet og brukarkonferansen.Brukarråda var rådgivande for leiinga i Statped og gav innspel til aktuelle saker når det gjeld til fag- og tenesteutviklinga til Statped.
I 2023 fekk Samisk spesialpedagogisk støtte (SEAD) sitt eige mandat. Dette var ein viktig milepæl for Statped og for anerkjenninga og synleggjeringa av samiske barn og elevars rett til ei spesialpedagogisk teneste tilpassa samiskspråklege. Tenestetilbodet er basert på god forståing for samisk språk og kultur på nordsamisk, sørsamisk og lulesamisk, for å sikre eit likeverdig, tilpassa og inkluderande tilbod for samiske barn og unge. Utviklinga av mandatet skjedde i tett samarbeid med Sametinget og Samisk høgskole.
Teiknspråkopplæringa i Statped er definert som ein alternativ opplæringsarena. Bustadsskulen har ansvaret for opplæringa og læringsutbytet til elevane. I 2023 vart eit vurderingssystem som gav informasjon om måloppnåingane til elevane, teke i bruk. Etableringa av eit systematisk evalueringsarbeid auka moglegheitene for individuell oppfølging av kvar einskild elev ved bustadsskulen og bidrog til at tilbod frå Statped støtta opp under læringa til elevane.
I revidert budsjett for 2023 fekk Statped ei ekstra løyving på 10 mill. kroner for å styrke læremiddeltilbodet til elevar med særskilde behov for tilrettelegging. Dette resulterte i 30 prosjekt, inkludert undersøkingar som betrar kunnskapsgrunnlaget om læremiddel for teiknspråklege, blinde/synshemma og døvblinde, utvikling av nye læremiddel og kompetansehevande materiell for laget rundt barnet. Eit dialogmøte med brukarorganisasjonane gav nyttig informasjon om kva tiltak som skulle prioriterast. Arbeidet med å utvikle nettportalane for å synleggjere og forenkle tilgangen til læremidla vart starta.
Den ideelle organisasjonen HLF Briskeby, eigd av Hørselshemmedes landsforbund (HLF) og Stiftelsen Signo, får tilskot til kompetansetenester som kompletterer tenester frå Statped. I 2023 blei det utbetalt 29,8 mill. kroner til Stiftelsen Signo og 6,7 mill. kroner til HLF Briskeby.
Budsjettforslag for 2025
Departementet foreslår å løyve 606,6 mill. kroner på kap. 230, post 01. Løyvinga er redusert med 2,6 mill. kroner mellom anna på grunn av ny og rimelegare leigeavtale for Statpeds lokale i Bergen.
Departementet foreslår følgande flyttingar av midlar til og frå posten:
39 mill. kroner frå posten til kap. 230, post 70 Tilskot til kompetansetenester på høyrselsfeltet (ny).
2,1 mill. kroner til posten frå kap. 220, post 21 som ein overføring frå Utdanningsdirektoratet til Statped som erstattar belastningsfullmakter.
Departementet foreslår at løyvinga på post 01 kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3230, post 02, jf. forslag til vedtak II nr. 1.
Departementet foreslår å løyve høvesvis 28,2 og 11,4 mill. kroner på kap. 230, post 21 og post 45.
Post 70 Tilskot til kompetansetenester på høyrselsfeltet
Den ideelle organisasjonen HLF Hørselspedagogene, eigd av Hørselshemmedes Landsforbund, og Stiftelsen Signo får tilskot til kompetansetenester på høyrselsfeltet som kompletterer tenester frå Statped. Departementet vurderer at det framleis er behov for tenester frå dei to aktørane, og foreslår å vidareføre tilskotet på ein ny 70-post. Statped skal forvalte tilskotsordninga for å få til god samanheng mellom Statpeds tenester og tenestene til dei to aktørane.
Mål for 2025
Den ideelle organisasjonen HLF Hørselspedagogene, eigd av Hørselshemmedes Landsforbund, og Stiftelsen Signo tilbyr kompetansetenester på høyrselsfeltet. Tenestene kompletterer tenester frå Statped.
Budsjettforslag for 2025
Departementet foreslår å løyve 39 mill. kroner på posten.
Kap. 3230 Statleg spesialpedagogisk teneste
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2023 | Saldert budsjett 2024 | Forslag 2025 |
01 | Inntekter frå oppdrag | 29 430 | 27 200 | 28 234 |
02 | Salsinntekter o.a. | 2 581 | 7 845 | 8 035 |
Sum kap. 3230 | 32 011 | 35 045 | 36 269 |
Post 01 gjeld oppdragsverksemd som Statped utfører for kommunar, fylkeskommunar, høgskular, universitet og andre.
Post 02 gjeld sal av læremiddel, utleige av lokale og inntekter frå kurs.
Programkategori 07.30 Barnehagar
Utgifter under programkategori 07.30 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2023 | Saldert budsjett 2024 | Forslag 2025 | Endring i pst. |
231 | Barnehagar | 1 099 687 | 1 151 535 | 1 299 235 | 12,8 |
Sum kategori 07.30 | 1 099 687 | 1 151 535 | 1 299 235 | 12,8 |
Innleiing
Regjeringa ønsker eit samfunn med mindre skilnader og betre moglegheiter for alle, og vil derfor styrke moglegheitene for tidlegare innsats og sosial utjamning gjennom å auke ressursane der behova er størst, mellom anna gjennom å satse meir på dei yngste barna og dei barna som har størst behov. Alle barn skal få høve til å ta del i det fellesskapet barnehagen gir, og det er derfor viktig å halde foreldrebetalinga låg og sikre gode moderasjonsordningar.
Barnehagen skal ivareta barnas behov for omsorg og leik og fremje læring og danning, og barna skal møte trygge vaksne med god og rett kompetanse. Regjeringa vil ha fleire barnehagelærarar og barne- og ungdomsarbeidarar i barnehagen og legge til rette for at alle tilsette skal få styrkt kompetansen sin. Dei tilsette skal få tillit til å bruke tid og fagkunnskap saman med barna.
Regjeringa ønsker eit meir moderne styrings- og finansieringssystem som bidreg til å styrke kvaliteten og kompetansen i barnehagane. Barnehagesektoren består av både kommunale og private barnehagar, og det skal framleis vere mogleg å drive barnehage som privat verksemd samstundes som private barnehagar skal vere ein del av det kommunale velferdstilbodet. Barna skal vere i sentrum, og likeverdige barnehagetilbod krev at finansieringa må kunne tilpassast behova i barnegruppene.
Regjeringa legg til grunn følgande sektormål som skal gjelde for barnehagane i 2025:
Sterkare felles opplærings- og utdanningsmiljø fremjar inkludering, motivasjon og meistring.
Ein meir samordna og tidlegare innsats for alle barn og unge.
Kunnskapssektoren har tilbod av høgare kvalitet.
Medarbeidarane i kunnskapssektoren har meir relevant kompetanse.
Barnehagane er i hovudsak finansierte gjennom dei frie midlane til kommunane, det vil seie rammetilskotet og skatteinntektene. I tillegg kjem foreldrebetalinga. Barnehageeigaren har det overordna ansvaret for at barnehagen blir driven i samsvar med gjeldande lover og regelverk. Kommunen som barnehagemyndigheit skal gi rettleiing og sjå til at barnehagane blir drivne i samsvar med regelverket. Statsforvaltaren kan føre tilsyn med kommunen som barnehagemyndigheit og med einskildbarnehagar i særskilde tilfelle. Utdanningsdirektoratet har ansvar for å føre økonomisk tilsyn med private barnehagar.
For statistikk og informasjon om ressursbruk, sjå del III, kap. 7 Nøkkeltal for barnehagesektoren. Sjå òg omtalen i del I, kap. 3 Oppfølging av oppmodingsvedtak.
Hovudprioriteringar for 2025
Prisreduksjonen som regjeringa innførte frå 1. august 2024, har ført til ein historisk låg maksimalpris i barnehagen, noko som bidreg til å gjere barnehage meir tilgjengeleg for alle. Regjeringa foreslår å vidareføre maksimalprisen nominelt på 2 000 kroner per månad nasjonalt, og 1 500 kroner per månad i kommunar med sentralitetsindeks 5 og 6 frå 1. januar 2025.
Regjeringa foreslår å vidareføre dei to nasjonale moderasjonsordningane for barnehage i 2025. Den eine er moderasjonsordninga med eit nasjonalt minstekrav til foreldrebetaling som inneber at ingen skal betale meir enn 6 pst. av samla skattbar inntekt for ein barnehageplass, med maksimalprisen som øvre grense. Den andre er ordninga med 20 timar gratis kjernetid i barnehage per veke for barn i alderen 2–5 år i familiar med låg inntekt. Departementet foreslår å fastsetje inntektsgrensa for gratis kjernetid-ordninga til 669 050 kroner frå 1. august 2025.
Regjeringa vil at alle som arbeider i barnehagen, skal ha god og relevant kompetanse. Frå hausten 2024 er plassane på arbeidsplassbasert barnehagelærarutdanning (ABLU) auka med 100, og departementet foreslår å løyve ytterlegare 10 mill. kroner i 2025 til å utvide med 165 plassar frå hausten 2025.
Regjeringa vil innføre eit nytt heilskapleg system for kompetanse- og karriereutvikling med mål om at alle barn og elevar skal få eit best mogleg grunnlag for læring, utvikling og trivsel i barnehagen og grunnopplæringa. Frå hausten 2025 vil regjeringa utvide tilskotsordninga for rettleiing av nyutdanna lærarar med 75 mill. kroner til å gjelde barnehagelærarar og lærarar i vidaregåande skule. Dei andre delane av systemet blir fasa inn med verknad frå 2026. Sjå nærare omtale under programkategori 07.20 Grunnopplæringa og kap. 226, post 61.
Bemanningssituasjonen i barnehagane er under press, og det er behov for betre bemanning. 250 mill. kroner av den foreslåtte auken i rammetilskotet til kommunane i 2025 blir grunngiven med behovet for bemanning i barnehagane. Det er eigarane som har ansvaret for forsvarleg bemanning, og Utdanningsdirektoratet skal lage ei rettleiing som skal tydeleggjere forståinga og praktiseringa av bemanningsregelverket for å legge til rette for betre regelverksetterleving.
I samsvar med eit oppmodingsvedtak frå Stortinget har departementet justert den øyremerkte tilskotsordninga for auka pedagogtettleik i barnehagar i levekårsutsette område slik at ho blir ei tilskotsordning for auka pedagogtettleik og auka grunnbemanning. Departementet foreslår å vidareføre auken som kom i revidert budsjett for 2024, slik at tilskotet samla sett blir på 208,9 mill. kroner i 2025. Sjå meir omtale i del I, kap. 3 Oppfølging av oppmodingsvedtak og omtale under kap. 231 Barnehagar, post 61.
Etter forslag frå og i samråd med Sametinget vil regjeringa opprette ei ekspertgruppe som skal vurdere korleis barnehagetilbodet til samiske barn kan bli betre. Departementet vil ha dialog med Sametinget om samansetjing av gruppa og utforming av mandatet.
Ein barnehage med høg kvalitet der barna har det trygt og godt
Variasjonen i kvaliteten på barnehagetilbodet er for stor
Undersøkingar og forsking har gjennom fleire år vist at det er stor variasjon i kvaliteten på barnehagetilbodet, både mellom barnehagar og innanfor kvar barnehage. Dette er eit problem, både fordi ein del barn ikkje får det tilbodet dei har rett på, og fordi det er med på å auke dei sosiale skilnadene i samfunnet. Det er også eit problem at foreldre vil oppleve at dei får ulikt tilbod sjølv om dei betaler det same.
Foreldre er stort sett nøgde med barnehagetilbodet, men ein liten prosentdel er ikkje nøgde. Utdanningsdirektoratet har ei årleg foreldreundersøking som for 2023 viser at 93 pst. av foreldra er svært eller ganske nøgde med barnehagetilbodet. 97 pst. seier at barnet deira trivst i barnehagen. Foreldre i private barnehagar og foreldre til dei yngste barna er meir nøgde enn andre totalt sett. 1,9 pst. av foreldra er ganske eller svært misnøgde med tilbodet totalt sett. Det er ein tydeleg auke når det gjeld foreldre som ikkje er nøgde med bemanningstettleiken, denne prosentdelen har gått opp frå 16,2 pst. i 2022 til 21 pst. i 2023.
Barnehagane skal jobbe for at alle barn har det trygt og godt i barnehagen, og alle tilsette har plikt til å følge med på korleis barna i barnehagen har det. Dersom eit barn opplever at det ikkje er trygt og godt å vere i barnehagen, skal det gjerast noko med det. Dette gjeld mellom anna dersom barnet opplever krenkingar som til dømes utestenging, vald, mobbing, diskriminering eller trakassering, jf. barnehagelova kapittel VIII.
Evalueringsrapporten Barnehagesektoren forståelse, implementering og etterlevelse av barnehageloven kapittel VIII Psykososialt barnehagemiljø blei levert av Deloitte i mars 2023. Evalueringa er ein del av eit oppdrag til Utdanningsdirektoratet om å samordne tiltak for å bygge inkluderande, trygge og gode barnehage- og skulemiljø. Evalueringa viser at dei nye reglane har bidrege til positive endringar i arbeidet med det psykososiale barnehagemiljøet. Samstundes viser evalueringa at det er utfordringar når det gjeld forståinga av regelverket, at implementeringa av lovendringa framleis held på, og at det er variasjon i kor godt ulike barnehagar har implementert regelverket. Deloitte peikar på ulike faktorar som har hatt innverknad på implementeringa: ikkje tilstrekkeleg støtte- og rettleiingsmateriale, innføring under covid-19-pandemien, variasjon i kor aktiv rolle statsforvaltaren har spela i implementeringsarbeidet, bemanningsutfordringar og at kommunen som barnehagestyresmakt ikkje har hatt tilstrekkelege føresetnader for å sjå til at barnehagane følger det nye regelverket.
Nasjonal barnehagestrategi mot 2030
Regjeringa la i 2023 fram Barnehagen for en ny tid. Nasjonal barnehagestrategi mot 2030. Gjennom strategien vil regjeringa legge til rette for at alle barn i Noreg skal få høve til å ta del i barnehagefellesskapet, og at kvaliteten i barnehagane skal bli betre og meir likeverdig over heile landet. Strategien skal mellom anna bidra til:
betre kvalitet i tilbodet til barna gjennom auka kompetanse hos dei tilsette, god leiing og tilstrekkeleg bemanning
auka deltaking i barnehagen gjennom låg maksimalpris og gode moderasjonsordningar
at fellesskapets ressursar går til barna gjennom betre regulering av barnehagesektoren
eit meir likeverdig barnehagetilbod i heile landet gjennom å gi kommunane betre demokratisk styring og kontroll
Sjå meir omtale av desse punkta andre stadar i denne programkategorien.
Støtte til barnehagane i det pedagogiske arbeidet
I perioden 2018–2023 gjennomførte Norce – Norwegian Research Centre AS – på oppdrag frå Utdanningsdirektoratet ei evaluering av korleis rammeplanen blir praktisert, fortolka, operasjonalisert og erfart i sektoren. Sluttrapporten Fra «bør» til «skal» blei publisert 14. desember 2023. Hovudinntrykket frå evalueringa er at rammeplanen har stor legitimitet og er breitt forankra i barnehagesektoren. Rammeplanen blir oppfatta som ei vidareføring og tydeleggjering av samfunnsmandata og oppgåvene til barnehagen, meir enn som ei endring og ny retning. Barnehagetilsette og styrarar i undersøkinga meiner at rammeplanen er eit godt pedagogisk verktøy. Rammeplanen er òg styrkt som styringsinstrument. Samstundes viser evalueringa at implementeringsarbeidet er komplekst, og at det krev god kompetanse på alle nivå.
Utdanningsdirektoratet skal støtte barnehagane i forståinga og bruken av rammeplanen for barnehagens innhald og oppgåver, og det er utvikla rettleiings- og støttemateriell som barnehagane fritt kan bruke. Forskarane bak evalueringa av korleis rammeplanen blir brukt, peikar på fleire tiltak som kan støtta den vidare implementeringa og forståinga av korleis rammeplanen kan tolkast og brukast i praksis.
OsloMet har i samarbeid med Telemarksforsking, Dronning Mauds Minne Høgskole og Høgskolen i Østfold gjennomført eit pilotprosjekt for ekstern rettleiing av barnehageeigarar for å styrke kvalitetsutviklinga i barnehagane. Sluttrapporten kom hausten 2023, og departementet vil sjå på korleis tilrådingane kan følgast opp.
Strategi for digital kompetanse og infrastruktur i barnehage og skole (2023–2030) gir ei tydelegare retning for korleis eigarar og tilsette kan ta grep om utviklinga og få tilstrekkeleg støtte i dei vala som må gjerast. Sjå omtale av digitaliseringsstrategien under programkategori 07.20 Grunnopplæringa.
Regjeringa ønsker at barn skal bli glade i bøker tidleg og foreslår å løyve 2,5 mill. kroner til prosjekt som kan bidra til å stimulere til leseglede i barnehagen. Sjå nærare omtale under kap. 225, post 74 Prosjektstøtte til organisasjonar. Etter forslag frå og i samråd med Sametinget vil regjeringa opprette ei ekspertgruppe som skal vurdere korleis barnehagetilbodet til samiske barn kan bli betre. Departementet vil ha dialog med Sametinget om samansetjinga av gruppa og utforming av mandatet.
Kunnskapsgrunnlaget skal støtte opp om kvalitetsutviklinga
Utdanningsdirektoratet skal støtte opp om kvalitetsutviklinga i barnehagesektoren. Dette blir løyst både ved å gjere relevant kunnskapsgrunnlag tilgjengeleg gjennom ulike plattformer og ved å tilby støtte, verktøy og rettleiing. Direktoratet jobbar for å vidareutvikle kunnskapsgrunnlaget, det gjeld både forsking, analysar og statistikk om barnehagane. Ein føresetnad for systematisk kvalitetsutvikling i barnehagane og i barnehagesektoren er at kunnskapsgrunnlaget blir teke i bruk aktivt som grunnlag for utviklingsprosessar. Direktoratet har derfor prioritert formidling og brukarinvolvering. Arbeidet med publikasjonen Vetuva og ekstra datainnhentingar er døme på dette.
Som ein del av oppfølginga av strategien Barnehagen for en ny tid. Nasjonal barnehagestrategi mot 2030 har departementet gitt Utdanningsdirektoratet i oppdrag å setje i gang ein heilskapleg gjennomgang av system for kvalitet i barnehagen (KiB) i samarbeid med partane. Direktoratet skal sjå på kva slags støtte barnehagane, barnehageeigarane og kommunen som barnehagemyndigheit treng i arbeidet med kvalitetsutvikling. Gjennomgangen skal òg sjå på kva for kunnskapsgrunnlag lokale og nasjonale styresmakter treng når dei skal vurdere og utvikle kvaliteten i barnehagane, og korleis ein skal utvikle og innhente dette. Verkemidla må møte behova i barnehagetilbodet til samiske barn. Resultata av gjennomgangen skal etter planen ligge føre våren 2025.
Læringsmiljøsenteret ved Universitetet i Stavanger blei våren 2024 tildelt eit forskingsoppdrag om korleis barna trivst i barnehagen og opplever barnehagetilbodet. Oppdraget går over 2 år.
Forskingsrådets portefølje omfattar heile utdanningsløpet frå barnehage til læring i samfunn og arbeidsliv. Budsjettforslaget for 2025 gir rom til å vidareføre løyvingane til dei to sentera for barnehageforsking (BARNkunne og FILIORUM) og senteret for spesialpedagogisk forsking og inkludering (SpedAims). Sjå meir omtale under programkategori 07.10 Administrasjon, kap. 201 Analyse og kunnskapsgrunnlag, post 70 Noregs forskingsråd – forsking om utdanning og forsking.
Ein inkluderande barnehage for alle barn
Barnehagen er ein viktig arena for arbeidet med tidleg innsats og inkluderande fellesskap, men kunnskapsgrunnlaget viser at ikkje alle barn får eit godt tilpassa og inkluderande pedagogisk tilbod i barnehagen, slik regelverket tilseier. Alle barn i barnehagen skal ifølge rammeplanen få eit tilpassa allmennpedagogisk tilbod etter deira eigne behov og føresetnader. Barn under opplæringspliktig alder med særleg behov for spesialpedagogisk hjelp har rett på slik hjelp etter § 31 i barnehagelova. Retten gjeld uavhengig av om barnet går i barnehage. Kommunen skal oppfylle retten, og den pedagogisk-psykologiske tenesta (PPT) er sakkunnig instans som vurderer behovet. I 2023 fekk 3,6 pst. av barna i barnehage spesialpedagogisk hjelp, det same som i 2022. Sjå meir statistikk i del III, kap. 7 Nøkkeltal for barnehagesektoren.
Eit betre tilbod til barn med behov for tilrettelegging
Regjeringa vil at alle barn, uavhengig av ulike føresetnader og behov, skal få delta i det fellesskapet barnehagen utgjer, og få den oppfølginga dei treng. Departementet følger opp fleire tiltak som skal bidra til å gi eit betre pedagogisk tilbod til alle barn, inkludert barn med behov for særskild tilrettelegging. Dette omfattar mellom anna ein sterk auke i vidareutdanning for barnehagelærarar i spesialpedagogikk, og fagskuletilbod for barne- og ungdomsarbeidarar i barnehage med temaet barn med særskilde behov, jf. omtalen under kap. 231, post 21. Kompetanseløftet i spesialpedagogikk og inkluderande praksis er i siste året med oppbygging, og over 300 kommunar deltek i ordninga, jf. omtalen under programkategori 07.20 Grunnopplæringa.
Styrking av språkarbeidet i barnehagen
Barnehagen er ein viktig arena for å legge eit så godt språkleg grunnlag som mogleg. Dette gjeld særleg barn med eit anna morsmål. Fleire minoritetsspråklege barn startar seinare i barnehage enn andre barn, slik at dei oftare har færre år der før dei kjem på skulen. Tidlegare rapportar frå områdesatsinga i Oslo viser variasjon i språkarbeidet både mellom barnehagar og mellom avdelingar i same barnehage. Årsakene kan vere mange og omfattar mellom anna kompetanse, systematikk og ressursar.
Alle barnehagar som har minoritetsspråklege barn skal i samsvar med rammeplanen støtte barna i å bruke morsmålet sitt, samstundes som barnehagen aktivt skal fremje og utvikle den norskspråklege kompetansen til barna. Regjeringa foreslår å løyve 226,3 mill. kroner til tiltak for å styrke den språklege utviklinga for minoritetsspråklege barn, jf. omtalen under kap. 231, post 63.
Vidareutdanningstilbodet for barnehagelærarar om barns språkutvikling og språklæring er eit tiltak som kan bidra til å styrke barnehagens kompetanse om fleirspråklegheit. I tillegg tilbyr Utdanningsdirektoratet temasida Flerspråklige barn i barnehagen på udir.no. Direktoratet har samla tilgjengelege støtte- og rettleiingsressursar i tillegg til utvikling av nytt innhald. Nettsida vil bli vidareutvikla og oppdatert med mellom anna innhald frå kompetansepakken Personalets arbeid i barnehagen for å fremme og utvikle de flerspråklige barnas norsk- eller samiskspråklege kompetanse, som direktoratet la fram våren 2024. Denne kompetansepakken er også tilgjengeleg på direktoratets kompetanseportal kompetanse.udir.no, og formålet er å gi fagleg påfyll og støtte til å utvikle kompetanse og praksis i barnehagen.
Tverrfagleg innsats for betre hjelp til utsette barn
Det er eit overordna samfunnsmål at utsette barn og unge får nødvendig hjelp og oppfølging uavhengig av kva teneste eller forvaltningsnivå som er ansvarleg. Samarbeid mellom dei forskjellige sektorane, tenesta og nivå kan vere utfordrande og fungerer ikkje alltid godt nok, noko som kan føre til at barna ikkje får den hjelpa dei treng i tide, eller ikkje får hjelp i det heile teke. Sjå òg omtalen under programkategori 07.20 Grunnopplæringa.
Regjeringa ønsker å styrke det universelle velferdstilbodet for barn og unge gjennom å prioritere velferdstenester som omfattar alle barn og unge, og har derfor sett i gang fleire tverrdepartementale prosessar for å sikre at alle barn og unge har ein trygg og god oppvekst.
Utdanningsdirektoratet skal saman med dei andre direktorata og etatane på oppvekstfeltet samarbeide for å sikre betre samordning av tenester til barn og unge. Saman med dei andre velferdsetatane jobbar direktoratet med utviklinga av nye arbeidsformer og tiltak for å løyse utfordringar i tverrsektorielt og tverrfagleg samarbeid i forvaltninga og tenestene, slik at barn og unge som treng hjelp frå fleire sektorar kan få eit godt og heilskapleg tilbod. Samarbeidet i etatane støttar opp under departementa sitt arbeid på området, jf. omtale om kjernegruppa for utsette barn og unge (KUBU) under programkategori 07.20 Grunnopplæringa, kap. 226.
Som ei oppfølging av Hurdalsplattforma la Justis- og beredskapsdepartementet i desember 2023 fram Prop. 36 S (2023–2024) Opptrappingsplan mot vold og overgrep mot barn og vold i nære relasjoner (2024–2028) Trygghet for alle. Sjå meir omtale under programkategori 07.20 Grunnopplæringa.
Styrking av barnehagar i levekårsutsette område
Staten deltek i eit samarbeid med fleire kommunar om områdesatsingar i levekårsutsette område. Gjennom områdesatsingane i delar av Oslo med samansette levekårsutfordringar bidreg Kunnskapsdepartementet med støtte innanfor delprogrammet Oppvekst og utdanning, jf. omtalen under programkategori 07.20 Grunnopplæringa og Prop. 1 S (2024–2025) for Kommunal- og distriktsdepartementet. Sjå også Meld. St. 28 (2022–2023) Gode bysamfunn med små skilnader.
I 2022 blei det oppretta eit øyremerkt tilskot til auka pedagogtettleik i barnehagar i levekårsutsette område. I behandlinga av revidert nasjonalbudsjett 2024 gjorde Stortinget eit oppmodingsvedtak om å utvide tilskotet til også å gjelde auka grunnbemanning i barnehagar i levekårsutsette område, jf. omtale av vedtak nr. 907 frå sesjonen 2023–2024 i del I, kap. 3 Oppfølging av oppmodingsvedtak. Denne utvidinga vil gi den einskilde barnehagen meir fleksibilitet når det gjeld kva type kompetanse som trengst, og kva for kompetanse som er tilgjengeleg lokalt.
Regjeringa foreslår å løyve 208,9 mill. kroner til tilskotet i 2025, jf. omtalen under kap. 231, post 61. Tilskotet er eit ledd i arbeidet med å styrke satsinga på barnehagar i område med integrerings-, språk- og levekårsutfordringar, jf. omtalen i Hurdalsplattforma.
Ei stortingsmelding om sosial mobilitet og sosial utjamning
Forskinga har vist at innsats retta mot barn i barnehagealder er særleg verksamt for å utjamne skilnader her og no, men også for å førebygge større skilnader på sikt.
Som ein del av regjeringa sitt arbeid med sosial utjamning og sosial mobilitet har ei ekspertgruppe oppnemnd av Kunnskapsdepartementet levert rapporten Et jevnere utdanningsløp. Barnehage og skole/SFO som innsats mot ulikhet blant barn. Rapporten blei levert i februar 2024 og var på offentleg høyring med frist 29. april 2024. Ei anna ekspertgruppe oppnemnd av Barne- og familiedepartementet leverte i oktober 2023 rapporten En barndom for livet. Økt tilhørighet, mestring og læring for barn i fattige familier. Til saman gir rapportane eit godt kunnskapsgrunnlag for den komande meldinga om sosial mobilitet og sosial utjamning, sjå omtale under programkategori 07.20 Grunnopplæringa. Også resultata frå Statistisk sentralbyrås (SSB) barnetilsynsundersøking gir verdifull kunnskap for arbeidet med den komande meldinga om sosial mobilitet og sosial utjamning. Arbeidet med stortingsmeldinga vil også bli sett i samanheng med arbeidet med samfunnsoppdrag som blei lansert i Langtidsplanen for forsking og høgare utdanning 2023–2032, og som har som mål å inkludere fleire barn og unge i utdanning og arbeids- og samfunnsliv gjennom ein målretta innsats på tvers av sektorar. For meir omtale, sjå Prop. 1 S (2024–2025) for Barne- og familiedepartementet.
Barnehagen skal vere tilgjengeleg for alle barn
Hindringar for å delta i barnehage
Under Solberg-regjeringa steig maksimalprisen for foreldrebetaling i barnehage, slik at det blei dyrare for familiar å ha barn i barnehagen. Dette er i strid med intensjonen i barnehageforliket frå 2003. Støre-regjeringa ser på barnehage som ein del av utdanningsløpet og meiner at prisen bør vere låg for alle. Tidlegare undersøkingar om barnetilsyn viser at prisen for ein barnehageplass har noko å seie for bruken av barnehage blant familiar med låg inntekt. Dei nasjonale moderasjonsordningane som er innførte dei seinare åra, blir heller ikkje nytta av alle som har rett til dei.
SSB la i desember 2023 fram Barnetilsynsundersøkelsen 2023. Funna viser at skilnader i deltaking i barnehage etter sosioøkonomisk status er jamna ut sidan 2016. Det har vore ein betydeleg auke i bruken av barnehage blant barn i låginntektsfamiliar, barn med foreldre utanfor arbeidslivet, barn av foreldre med grunnskule som høgaste utdanningsnivå og barn med foreldre som er fødde utanfor Noreg. Dei gjenståande sosioøkonomiske forskjellane er størst for 1–2-åringane, som er dei årskulla der barnehagedeltakinga er lågast.
Minoritetsspråklege barn har framleis lågare deltaking i barnehage. 87,4 pst. av minoritetsspråklege barn i alderen 1–5 år gjekk i barnehage i 2023. Tilbake i 2012 var talet 75 pst., så det har vore ei positiv utvikling det siste tiåret. Til samanlikning gjekk 93,8 pst. av andre barn i barnehage i 2023. Skilnaden i bruk av barnehage er større dess yngre barna er. For meir statistikk om minoritetsspråklege barn i barnehage, sjå del III kap. 7.
Minoritetsspråklege barn har i gjennomsnitt gått færre år i barnehage før dei begynner på skulen, sjølv om det store fleirtalet av minoritetsspråklege barn har gått i barnehage før skulestart. Dette kan medverke til eit svakare norskspråkleg grunnlag når dei startar på skulen, noko som kan gjere opplæringa vanskelegare. Årsakene til lågare bruk av barnehage er samansette og kan vere av økonomisk, kulturell eller praktisk art. Foreldra kan vere usikre på kva barnehagetilbodet har å seie for barna deira, til dømes når det gjeld å lære norsk i tillegg til morsmålet familien snakkar heime.
Lågare foreldrebetaling og gratis barnehagetilbod for fleire barn
I statsbudsjettet for 2023 reduserte regjeringa maksimalprisen til under nivået frå barnehageforliket, og i statsbudsjettet for 2024 vart prisen redusert ytterlegare til historisk låge 2 000 kroner per månad nasjonalt og 1 500 kroner per månad i kommunar med sentralitetsindeks 5 og 6. Regjeringa foreslår for 2025 å vidareføre maksimalprisen nominelt, slik at prisen for eit ordinært heiltidstilbod i frå 1. januar 2025 held fram med å vere 2 000 kroner nasjonalt og 1 500 kroner for dei mest spreiddbygde kommunane, jf. forslag til vedtak VII nr. 1.
Departementet innførte frå 1. august 2023 gratis barnehage frå tredje barn i familien som går i barnehage samstundes. Regjeringa har frå 1. august 2023 også innført gratis barnehage for alle 1–5-åringar i tiltakssona i Finnmark og Nord-Troms. Departementet foreslår å vidareføre det nasjonale minstekravet til redusert foreldrebetaling, som gjer at ingen familiar må betale meir enn 6 pst. av samla skattbar inntekt for ein barnehageplass, med maksimalprisen som øvre grense. Fordi denne regjeringa prioriterer å halde maksimalprisen låg for alle, betyr det at færre har behov for særskild moderasjon.
Departementet foreslår å vidareføre den nasjonale ordninga med gratis kjernetid 20 timar per veke for barn i alderen 2–5 år frå familiar med låg inntekt. Ordninga blir vidareført på same reelle nivå, slik at inntektsgrensa blir sett til 669 050 kroner frå 1. august 2025, jf. forslag til vedtak VII nr. 2.
Frå august 2022 har kommunane hatt høve til å bruke heilautomatiserte avgjerder når dei behandlar søknader om moderasjon i foreldrebetalinga for barnehagar og for skulefritidsordningar (SFO). Dette gjer saksbehandlinga enklare og kan bidra til at familiar med låg inntekt får dei moderasjonsordningane dei har rett på.
Som eit ledd i å nå ut til minoritetsspråklege familiar med mellom anna informasjon om barnehagetilbodet og hjelp til å søke om plass, har Utdanningsdirektoratet sidan 2018 forvalta eit øyremerkt tilskot til auka barnehagedeltaking for minoritetsspråklege barn, jf. omtalen under kap. 231, post 66. Departementet foreslår å løyve 24,4 mill. kroner til tilskotet i 2025. Kommunane står fritt til å bruke midlane slik det passar best lokalt for å nå målet, mellom anna til open barnehage, som er rekna som ein god rekrutteringsarena.
For omtale av barnehagetiltak retta mot fordrivne frå Ukraina, sjå programkategori 07.20 Grunnopplæringa.
Betre kompetanse og bemanning i barnehagen
Behovet for betre kompetanse i barnehagane
God kompetanse hos alle tilsette er avgjerande for god kvalitet i barnehagetilbodet. Per desember 2023 var kravet om pedagogtettleik oppfylt i 65 pst. av alle ordinære barnehagar utan bruk av dispensasjon, mot 67 pst. i 2022. Det manglar om lag 2 800 årsverk for å oppfylle kravet om pedagogtettleik i alle barnehagar utan bruk av dispensasjon. 35 pst. av dei tilsette i grunnbemanninga har ikkje registrert formell barnehagefagleg kompetanse. Opptaket til barnehagelærarutdanninga har gått betydeleg ned dei siste åra.
Nytt heilskapleg system for kompetanse- og karriereutvikling
Regjeringa vil innføre eit nytt heilskapleg system for kompetanse- og karriereutvikling med mål om at alle barn og elevar skal få eit best mogleg grunnlag for læring, utvikling og trivsel i barnehagen og grunnopplæringa. Frå hausten 2025 vil regjeringa utvide tilskotsordninga for rettleiing av nyutdanna lærarar til å gjelde barnehagelærarar og lærarar i vidaregåande skule, og samtundes auke tilskotet med 75 mill. kroner. Dei andre delane av systemet blir fasa inn med verknad frå 2026. Sjå nærare omtale under programkategori 07.20 Grunnopplæringa og kap. 226 post 61.
Tiltak for å rekruttere og behalde barnehagelærarar
Saman med partane la regjeringa i februar fram ein strategi for å styrke rekrutteringa til alle lærarutdanningane og til læraryrket, jf. nærare omtale under programkategori 07.20 Grunnopplæringa og programkategori 07.60 Høgare utdanning og forsking. Tiltaka i strategien må sjåast i samanheng med utviklinga av eit nytt heilskapleg system for kompetanse- og karriereutvikling for barnehagen og grunnopplæringa. Sjå nærare omtale under kap. 07.20 Grunnopplæringa.
Arbeidsplassbasert barnehagelærarutdanning (ABLU) er eit tilbod til erfarne assistentar og barne- og ungdomsarbeidarar som ønsker å utdanne seg til barnehagelærar. Undersøkingar har vist at barnehagelærarar som har teke ABLU, i større grad blir verande i yrket. ABLU bidreg òg til å rekruttere studentar som ikkje ville ha valt eit heiltidsstudium. I samsvar med tiltak i rekrutteringsstrategien har departementet i 2024 tildelt 20 mill. kroner ekstra for å auke talet på studieplassar til arbeidsplassbasert barnehagelærarutdanning. Dette blir styrka med ytterlegare 10 mill. kroner i 2025, jf. omtale under programkategori 07.60 Høgare utdanning og forsking. I tillegg finansierer Utdanningsdirektoratet ABLU ved nokre institusjonar over kap. 231, post 21. Samla gir dette 365 plassar på ABLU frå hausten 2025.
Høg kvalitet i barnehagelærarutdanninga (BLU) er ein føresetnad for å sikre kompetansen til barnehagelærarane. Regjeringa vidarefører 50 mill. kroner til auka kvalitet i barnehagelærarutdanninga, jf. omtale under kap. 231, post 21. Gode barnehagelærarar er ein nøkkel til god pedagogisk kvalitet i barnehagane. Det er derfor viktig med ei barnehagelærarutdanning som har høg kvalitet, og som er godt forankra i forsking og nær knytt til praksisfeltet. Ei tydeleg satsing på BLU vil også bidra til rekruttering og vere eit svar på låge søkartal.
Styrking av kompetanseutviklingstiltaka i barnehagen
Strategien Kompetanse for fremtidens barnehage 2023–2025 skal bidra til at tilsette i barnehagen får styrkt kompetansen sin gjennom målretta kompetansetiltak for ulike grupper tilsette og gjennom kollektive tiltak som omfattar heile personalet. Kvaliteten i barnehagane blir styrkt når det er fleire barnehagelærarar, og ein større prosentdel barnehagelærarar med mastergrad vil medverke til å styrke kvalitetsutviklinga i barnehagane. Kompetansestrategien må òg sjåast i samanheng med den langsiktige barnehagestrategien mot 2030, som regjeringa la fram i januar 2023.
Regjeringa har auka kapasiteten på vidareutdanningstilbodet til barnehagelærarane og styrkt den regionale ordninga for kompetanseutvikling i barnehagen, som inngår i tilskotsordninga for lokal kompetanseutvikling. Tilskotsordninga gir støtte til kollektiv kompetanseutvikling med utgangspunkt i lokale vurderingar av kompetansebehov i barnehagar og skular, og gjennom partnarskap med universitet eller høgskule. Sjå nærare omtale under programkategori 07.20 Grunnopplæringa.
Inntil 30 pst. av midlane til regional ordning kan mellom anna nyttast til at assistentar kan ta fagbrev på jobb eller gjennom praksiskandidatordninga.
Fagskuleutdanning i oppvekstfag er ei vidareutdanning for barne- og ungdomsarbeidarar og assistentar med minimum fem års erfaring frå arbeid med barn i barnehage. Tiltaket gir høve til auka kompetanse innanfor tre område: barn med behov for særskild tilrettelegging, arbeid med språk, fleirspråklegheit og kulturell kompetanse og arbeid med dei yngste barna (0–3 år) i barnehagen.
Den nasjonale leiarutdanninga og dei modulbaserte vidareutdanningane for styrarar bidreg til å styrke leiarkompetansen i barnehagane. Studia er på masternivå.
Bemanningssituasjonen er under press
Fleire undersøkingar og innspel frå barnehagesektoren peiker på at arbeidspresset er høgt, og at bemanningssituasjonen fleire stadar er under press. Sjukefråværet i barnehagane har auka dei siste åra, og det er betydeleg høgare enn i resten av befolkninga. Spørsmål til Barnehage-Norge 2023 viser at det i liten grad blir sett inn vikarar i avviklinga av plantid for barnehagelærarane. Samstundes svarer ni av ti barnehagestyrarar at barnehagen aldri reduserer opningstida på grunn av mangel på personale.
Tal frå SSB viser at kvar tredje barnehagelærar har forlate barnehagesektoren dei siste ti åra. Ei medlemsundersøking utført for Utdanningsforbundet i 2023 viser at éin av tre barnehagelærarar ser for seg å slutte i løpet av eitt til tre år. Rammevilkår og bemanning blir oppgitt som hovudårsak.
Fafo har følgeevaluert to forsøksordningar med auka bemanning i nokre utvalde barnehagar i Oslo kommune med høvesvis ekstra ressurspedagog og auka grunnbemanning i 2019 og i 2021. Målet var å undersøke om det påverka sjukefråværet og vikarbruken, og korleis det påverka det arbeidet barnehagane gjer med dei sårbare barna, og kvaliteten i barnehagen generelt. Forskarane finn at auka bemanning medverkar til betre barnehagetilbod i levekårsutsette område, og at auka bemanning har redusert behovet for vikarar ved korttidsfråvær, gitt betre foreldresamarbeid og tettare oppfølging av einskildbarn, styrkt arbeidet med tidleg innsats, ført til meir stabilitet og gjort det lettare å gjennomføre kompetansehevande tiltak.
Stabilisering av bemanningssituasjonen
Det er barnehageeigarane som har ansvaret for å sikre tilstrekkeleg bemanning, men regjeringa er oppteken av å sikre best mogleg etterleving av regelverket og gode barnehagetilbod. Bemanningsutfordringane har vore tema for dialog i Nasjonalt forum for barnehagekvalitet, og regjeringa ønsker å vidareføre dialogen med sektoren om korleis ein kan løyse bemanningsutfordringane på ein best mogleg måte.
Bemanninga i barnehagen skal vere forsvarleg til å kunne vere ei pedagogisk verksemd, jf. barnehagelova kap. IV. Kommunen som barnehagemyndigheit skal føre tilsyn med at alle barnehagane i kommunen har ei forsvarleg drift.
Departementet har gitt Utdanningsdirektoratet i oppdrag å lage rettleiing som skal tydeleggjere forståinga og praktiseringa av bemanningsregelverket, for å legge til rette for betre regelverksetterleving. Departementet har også gitt Utdanningsdirektoratet i oppdrag å skaffe meir kunnskap om ulike måtar å organisere barnehagekvardagen og barnehagepersonalet på, jf. tiltaket i barnehagestrategien. Formålet er å utvikle kunnskap om kva som kan vere gode måtar å organisere barnehagekvardagen og kompetansen til dei tilsette på, for eksempel knytt til pedagog- og bemanningstettleik, arbeidsfordeling, vikarbruk, leiing, plantid, kompetanse- og kvalitetsutvikling og opningstider. Direktoratet har gitt oppdraget til Fafo. Første deloppdrag er ei oppsummering av forskingsbasert og erfaringsbasert kunnskap om kva som kjenneteiknar gode måtar å organisere barnehagekvardagen på. Del to omfattar case-studiar som bygger på kunnskapsgrunnlaget. Hovudrapporten kjem i oktober 2024.
I juni 2024 sende partia på Stortinget eit brev til kunnskapsministeren. I brevet viste dei til at partia ønsker å legge til rette for ein betre bemanningssituasjon i barnehagane. Dei ber departementet jobbe vidare med målretta tiltak for å få ned sjukefråværet i barnehagesektoren, styrke rekrutteringa av barnehagelærarar og barne- og ungdomsarbeidarar, styrke grunnbemanninga, og utforme moglege krav til når det skal setjast inn vikar. Departementet vil følge opp brevet frå partia på eigna måte.
Den krevjande bemanningssituasjonen, høgt arbeidspress og rekrutteringsvanskar i barnehagane utfordrar i aukande grad kvaliteten på tilbodet og regjeringas langsiktige mål på barnehageområdet. Ein meir stabil bemanningssituasjon vil bidra til betre kvalitet i barnehagen og kan dermed ha betydning for barna si utvikling på sikt. Det vil også kunne bidra til mindre fråfall av pedagogisk personale, og gi betre vilkår for rekruttering av pedagogar. Regjeringa foreslår å auke dei frie inntektene til kommunane som ikkje er bundne opp av befolkningsendringar og pensjon, med 2,5 mrd. kroner. 250 mill. kroner av dette er grunngiven med auka bemanning i barnehagane.
Regjeringa foreslår å vidareføre styrkinga av tilskotet til auka pedagogtettleik og auka grunnbemanning i barnehagar i levekårsutsette område som kom i revidert budsjett for 2024, jf. omtalen under kap. 231, post 61. I alt 14 kommunar er omfatta av denne tilskotsordninga, og tilskotet vil dermed også vere eit viktig tiltak for å bidra til å stabilisere bemanningssituasjonen nasjonalt.
Eit av formåla med endringane i regelverket for styring og finansiering av barnehagesektoren er at det skal bli enklare å tilpasse tilskota ut frå behovet til barna og barnehagane. Dette er eit tiltak som også kan vere med på å stabilisere bemanningssituasjonen på lang sikt.
Eit betre regelverk for styring og finansiering av barnehagesektoren
Styrings- og finansieringssystemet treng modernisering
Strategien Barnehagen for en ny tid. Nasjonal barnehagestrategi mot 2030 konkretiserer dei politiske måla regjeringa har for sektoren, og varslar ein gjennomgang av regelverket for finansiering og styring av barnehagesektoren. Eit modernisert styrings- og finansieringssystem skal setje barna i sentrum og bidra til å rette merksemda mot kvalitetsutvikling i barnehagane. Noreg skal ha både private og kommunale barnehagar og ein desentralisert barnehagestruktur. Regjeringa er oppteken av å sikre høg kvalitet i barnehagane og at det skal vere eit mangfald av barnehagar å velje mellom.
Nye reglar for private barnehagar når det gjeld å vere eit eige rettssubjekt
Frå 1. januar 2023 skal private barnehagar vere eit eige rettssubjekt, og det er forbod mot å drive anna verksemd i same selskap som barnehagen. Kvar barnehage må etter dei nye reglane vere eit eige selskap som leverer fullstendig rekneskap. Ordinære barnehagar med færre enn 30 barn, familiebarnehagar med færre enn ti barn og opne barnehagar som er berre éi eining, er unnatekne dette kravet. Utdanningsdirektoratet og statsforvaltaren gir rettleiing om det nye regelverket. Erfaringa med innføringa av regelverket har vist at overgangen til eige rettssubjekt er krevjande for opne barnehagar og for barnehagar eigde av sokn i Den norske kyrkja. Det blei derfor innført unntak for desse barnehagane 14. juni 2024.
Det vidare samarbeidet om moderniseringa avregelverket
Hausten 2023 sende Kunnskapsdepartementet på høyring forslag til nye reglar om styring og finansiering av barnehagesektoren. Departementet fekk over 3 500 høyringssvar innan høyringsfristen gjekk ut 1. februar 2024.
I juni 2024 sende partia på Stortinget eit brev til kunnskapsministeren. I brevet viste dei til at det er over 20 år sidan barnehageforliket, og at både barnehagesektoren og utfordringane den står i, har endra seg mykje. Partia er einige om ei ramme for eit nytt regelverk og ber Kunnskapsdepartementet jobbe vidare med ulike modellar og tiltak. Partia skriv vidare at dei vil bruke hausten 2024 til å jobbe saman for avklaringar. Regjeringa tek sikte på å legge fram ein lovproposisjon våren 2025.
Kap. 231 Barnehagar
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2023 | Saldert budsjett 2024 | Forslag 2025 |
21 | Særskilde driftsutgifter, kan overførast | 793 055 | 835 421 | 761 967 |
61 | Tilskot til auka pedagogtettleik og auka grunnbemanning i barnehagar i levekårsutsette område | 208 900 | ||
63 | Tilskot til tiltak for å styrke språkutviklinga blant minoritetsspråklege barn i barnehage | 209 047 | 217 765 | 226 258 |
66 | Tilskot til auka barnehagedeltaking for minoritetsspråklege barn | 22 522 | 23 460 | 24 375 |
70 | Tilskot til symjing i barnehagane | 75 063 | 74 889 | 77 735 |
Sum kap. 231 | 1 099 687 | 1 151 535 | 1 299 235 |
Post 21 Særskilde driftsutgifter, kan overførast
Midlane på posten skal medverke til å heve kvaliteten på barnehagetilbodet i både kommunale og private barnehagar. Midlane finansierer ei rekke kompetansetiltak for alle grupper tilsette. Vidare blir midlane nytta til andre kvalitetstiltak, tilretteleggingsmidlar til barnehageeigarar som har tilsette som deltek i studietilbod, auka kunnskapsgrunnlag om barnehagen og forvaltning av ulike tiltak. Utdanningsdirektoratet har i stor grad ansvaret for å forvalte midlane og gjennomføre tiltaka. Delar av løyvingane på post 21 dekker utgifter til lønn og administrasjon i Kunnskapsdepartementet, i Utdanningsdirektoratet og hos eventuelle andre statlege aktørar som har ansvar og delansvar for å drifte dei ulike prosjekta og tiltaka.
Mål for 2025
Målet med desse midlane er å auke kvaliteten på barnehagetilbodet og få meir kunnskap om barnehagen.
Resultat i 2023
Samla blei det nytta 793,1 mill. kroner over posten i 2023. Av dette gjekk 661,3 mill. kroner til kompetansetiltak for tilsette i barnehagane for å følge opp strategien Kompetanse for fremtidens barnehage. Revidert strategi for kompetanse og rekruttering 2018–2022.
Oppfølging av kompetansestrategien
Departementet legg til grunn at kompetansetiltak for alle grupper tilsette medverkar til høgare kvalitet på barnehagetilbodet, og at tiltaka er viktige verkemiddel i arbeidet med å utvikle praksisen i barnehagen i samsvar med rammeplanen. Tabell 4.18 gir ei oversikt over dei ulike kompetansetiltaka som er ein del av kompetansestrategien.
Tabell 4.18 Fordeling av midlar til oppfølging av kompetansestrategien for barnehagar i 2023
(i mill. kr) | |
---|---|
Type kompetansetiltak | Beløp |
Den regionale ordninga for kompetanseutvikling | 305,1 |
Vidareutdanning for barnehagelærarar, tilleggsutdanning i barnehagepedagogikk og rettleiarutdanning for praksislærarar, inkludert tilretteleggingsmidlar | 179,1 |
Auka pedagogtettleik i utsette byområde | 80,0 |
Leiarutdanning for barnehagestyrarar | 56,0 |
Arbeidsplassbasert barnehagelærarutdanning (ABLU) – fire kull som går over fire skuleår – midlar til studieplassar | 31,7 |
Fagskuleutdanning i oppvekstfag – tre kull som går over to skuleår | 5,2 |
Rettleiing av nyutdanna nytilsette lærarar | 4,2 |
Totalt | 661,3 |
Den regionale ordninga for kompetanseutvikling
I 2023 gjekk 305,1 mill. kroner til den regionale ordninga for kompetanseutvikling som statsforvaltarembeta har ansvaret for å administrere.
Av dette blei 233,4 mill. kroner nytta til barnehagebaserte kompetansetiltak. Dei fleste barnehagane i Noreg deltek eller har delteke i barnehagebaserte kompetansetiltak i 2023 og tidlegare.
Dei resterande 71,7 mill. kronene blei nytta til enten tilretteleggingsmidlar for lokal prioritering (2 495 deltakarar), fagbrev gjennom praksiskandidatordninga (291 deltakarar i seks fylke), kompetansehevingsstudiar for assistentar og barne- og ungdomsarbeidarar (142 deltakarar i tre fylke) eller barnehagefagleg grunnkompetanse for assistentar utan kompetanse og erfaring frå barnehage (987 deltakarar i fire fylke). Ein stor del av tilretteleggingsmidlane blir nytta til tilsette som deltek på ABLU eller anna deltidsbarnehagelærarutdanning. Dette gjeld særleg i Oslo og Akershus (585 deltakarar), Nordland (71 deltakarar) og Troms og Finnmark (53 deltakarar).
Tilsette i barnehagen deltek òg i kompetanseløftet i spesialpedagogikk og inkluderande praksis. Sjå nærare omtale under kap. 226 post 21.
Vidareutdanning for barnehagelærarar, tilleggsutdanning i barnehagepedagogikk og rettleiarutdanning for praksislærarar, inkludert tilretteleggingsmidlar
I 2023 fekk 1 765 barnehagelærarar og andre pedagogar som søkte tilleggsutdanning for å kvalifisere seg til arbeid som pedagogisk leiar, tilbod om vidareutdanning. Spesialpedagogikk var blant faga som vart prioriterte i direktoratets søknadsbehandling. 572 barnehagelærarar fekk tilbod om vidareutdanning i spesialpedagogikk. Deltakarundersøkinga frå 2023 viser at deltakarane var motiverte for å delta på vidareutdanning. Undersøkinga viser òg at barnehagelærarar som har delteke på vidareutdanninga, meiner at kvaliteten på studiet var god, med unntak av opplæring i bruk av digitale ressursar. Det er òg noko variasjon i kor godt barnehageeigarar legg til rette for vidareutdanninga.
Auka pedagogtettleik i utsette byområde
Kommunane Oslo, Drammen, Stavanger, Bergen og Trondheim fekk i 2023 tilskot på totalt 80 mill. kroner for 15 408 barn. Tilskotet blei nytta til å auke prosentdelen barnehagelærarårsverk i barnehagane i levekårsutsette område i desse kommunane. Tilskotet kunne bli nytta til å auke grunnbemanninga dersom det var vanskeleg å rekruttere barnehagelærarar.
Arbeidsplassbasert barnehagelærarutdanning (ABLU)
Arbeidsplassbasert barnehagelærarutdanning (ABLU) er eit tilbod til assistentar og barne- og ungdomsarbeidar som ønsker å utdanne seg til barnehagelærar. Tiltaket er retta mot barnehagelærarar i Rogaland, Oslo, Østfold, Buskerud og Akershus. Deltidsstudiet går over fire år, samstundes som deltakarane jobbar i barnehage. Tiltaket er forankra i kompetansestrategien. Det var 327 deltakarar fordelt på fire kull i 2023.
Leiarutdanning for barnehagestyrarar
I 2023 blei det nytta 56 mill. kroner til leiarutdanning for barnehagestyrarar. Dette inkluderer både den nasjonale leiarutdanninga for barnehagestyrarar og dei modulbaserte vidareutdanningane for styrarar. Modulane er felles med skuleleiarane og blei sett i gang i 2021. Av totalen blei 19,4 mill. kroner nytta til modulane i 2023. Tilboda legg vekt på å styrke og gjere styraren trygg i rolla som leiar. Deltakarundersøkingane frå Nordisk institutt for studier av innovasjon, forskning og utdanning (NIFU) og evalueringa frå Fafo viser at deltakarane har nytte av studiet i arbeidskvardagen. Styrarane opplever at studiet har betydning for evna til å utvikle barnehagen, jf. evalueringsrapport frå Fafo del 2.
Fagskuleutdanning i oppvekstfag – tre kull som går over to skuleår
Fagskuleutdanning i oppvekstfag for barnehagetilsette er ei vidareutdanning for barne- og ungdomsarbeidarar og assistentar med minimum fem års erfaring frå arbeid i barnehage. Deltidsstudiet går over to år, og studentane kan velje eitt av tre tema: tilrettelegging for barn med særskilde behov; arbeid med språk, fleirspråklegheit og kulturell kompetanse; arbeid med dei yngste barna i barnehagen. Det var 69 deltakarar i 2023. Det blei i 2023 teke ut opsjon for eit nytt kull på til saman 315 deltakarar for perioden 2024–2025.
Rettleiing av nyutdanna nytilsette lærarar
Tiltaket er samordna med rettleiing av nyutdanna nytilsette lærarar i skulen, sjå rapport for tiltaket under kap. 226, post 21.
Andre tiltak for å auke kvaliteten på barnehagetilbodet
I 2023 blei det nytta 131,8 mill. kroner på posten til andre tiltak for å auke kvaliteten på barnehagetilbodet, sjå nærare omtale i tabell 4.19 om fordelinga av midlar til andre tiltak for å auke kvaliteten på barnehagetilbodet.
Tabell 4.19 Fordeling av midlar til andre tiltak for å auke kvaliteten på barnehagetilbodet i 2023
(i mill. kr) | ||
---|---|---|
Type tiltak | Kort om tiltaket | Beløp |
Auka kvalitet i barnehagelærarutdanninga (BLU) | Gode barnehagelærarar er ein nøkkel til kvalitet i barnehagen. Regjeringa vidareførte i 2023 totalt 50 mill. kroner til alle universitet og høgskular med barnehagelærarutdanning. Midlane skulle gjere lærarutdannarar ved universitet/høgskular og barnehagar betre i stand til å utvikle BLU som ei tverrfagleg utdanning, godt forankra i forsking og nær knytt til praksisfeltet. | 50 |
Kunnskapsgrunnlaget | System for å følge med på og betre kvaliteten i barnehagesektoren, inkludert statistikkinnhenting, analysar og forsking. Omfattar mellom anna foreldreundersøkinga, ståstadsanalysen, kostnadsanalysen, barnetilsynsundersøkinga, sluttrapport frå evaluering av implementeringa av rammeplanen, evaluering av barnehagesektorens forståelse, implementering og etterleving av barnehagelova kapittel VIII Psykososialt barnehagemiljø, longitudinell studie av gratis kjernetid, forsking på styrarutdanning, TALIS Starting Strong, LÆRERMOD, rapportar knytte til regulering av private barnehagar o.a. | 28,5 |
Inkluderande barnehagemiljø | Midlane gjekk i 2023 til Læringsmiljøprosjektet, der det no er like mange deltakarar frå barnehage som frå skule. Det gjekk også midlar til evaluering og vidareutvikling av kompetansepakken om trygt og godt barnehagemiljø. Dette er tilbod som gir støtte til tilsette, leiarar og eigarar i arbeidet med å utvikle eigen kompetanse om det som bidreg til å fremje eit trygt og godt miljø og førebygge mistrivsel og krenkingar. Det blei også nytta midlar til eit oppdrag «om å samordne tiltakene for å bygge inkluderende trygge og gode barnehage- og skulemiljø og vurdere nye behov», som direktoratet leverte til departementet i desember 2023. | 12,0 |
Pilot om rettleiing av barnehageeigarar for å styrke barnehagekvaliteten | OsloMet leia dette tredelte oppdraget: 1) samanstilling av forsking på barnehagekvalitet med vekt på eigarrolla, 2) rettleiing av 31 eigarar, 3) vurdering rundt kriteriesett for å identifisere eigarar som treng bistand. Sjå meir omtale i kategoriinnleiinga. | 4,3 |
Google DPIA | KS har fått midlar til arbeidet med ein nasjonal DPIA (Data Protection Impact Assessment) for Google Workspace for Education, som er ei plattform mange skular nyttar på dei digitale einingane sine. Ein nasjonal DPIA vil auke kommunane og eigarane sine evner til å etterleve regelverket for personvern, og har nytte- og overføringsverdi for barnehagesektoren. | 4,1 |
Støtte til bruk av rammeplanen | Midlane blei nytta til å vidareutvikle støtte- og rettleiingsressursar og kompetansepakkar til arbeidet barnehagane gjer med å utvikle praksis i samsvar med rammeplanen, inkludert samiske kompetansetiltak. Ein del av midlane blei nytta til å utvikle ein kompetansepakke om fleirspråklege barnehagemiljø. | 3,9 |
Kvensk barnehagetilbod | Midlane gjekk til språkprosjekt i barnehagar for å gi kvenske/norskfinske barn høve til å lære og utvikle det kvenske språket i tidleg alder. Prosjekta har bidrege til at stadig fleire barn blir introduserte for det kvenske språket i tidleg alder, noko som er positivt for å rekruttere elevar som vil ta kvensk som fag i skulen. | 2,3 |
Anna | Utviklingsmidlar til oppbygging av eining for tilsyn med private barnehagar, til statsforvaltarane for tilsyn og klagebehandling, til klagebehandling i departementet, til utvikling av sektoren og anna. | 26,7 |
Totalt | 131,8 |
Budsjettforslag for 2025
Departementet foreslår å løyve 762 mill. kroner på posten til ulike tiltak for kvalitetsutvikling i barnehagesektoren og innhenting av kunnskap.
Departementet foreslår følgande flyttingar av midlar frå posten:
83 mill. kroner frå posten til kap. 231, post 61 Tilskot til auka pedagogtettleik og auka grunnbemanning i barnehagar i levekårsutsette område (ny post).
20 mill. kroner frå posten til kap. 260, post 50 for finansiering av 100 plassar på arbeidsplassbasert barnehagelærarutdanning.
2,2 mill. kroner frå posten til kap. 200, post 01 for finansiering av årsverk knytt til klagesaksbehandling i departementet.
Tabell 4.20 Budsjettforslag for 2025 kap. 231, post 21
(i mill. kr) | ||
---|---|---|
Type tiltak | Kort om tiltaket | Beløp |
Tiltak for å følge opp kompetansestrategien og strategien Barnehagen for en ny tid | Kompetansetiltak retta mot ulike tilsette i barnehagane. Løyvinga gir rom for å tilby vidareutdanning til om lag 2 000 barnehagelærarar. Tilbod i spesialpedagogikk og samisk vil bli prioritert. Frå hausten 2025 vil midlar til vidareutdanningstilbod bli tildelte direkte til universitet og høgskular. Løyvinga gir òg rom for om lag 100 plassar på arbeidsplassbasert barnehagelærarutdanning årleg. | 390 |
Regional ordning for kompetanseutvikling | Ordninga inngår i tilskotsordning for lokal kompetanseutvikling i barnehage og grunnopplæring og skal støtte den kollektive kompetanseutviklinga i barnehagen. Ordninga er omtala i strategien Kompetanse for fremtidens barnehage. Revidert strategi for kompetanse og rekruttering 2023–2025. | 270 |
Auka kvalitet i barnehagelærarutdanninga (BLU) | Midlar til å gjere lærarutdannarar ved universitet/høgskular og i barnehagen i stand til å utvikle BLU til den tverrfaglege, krevjande utdanninga som var intensjonen med reforma i 2012/2013. | 50 |
Utviklingsmidlar til statsforvaltarane | Midlar til oppfølging av kompetansestrategien for barnehage med vekt på det arbeidet statsforvaltarane gjer med regional ordning for kompetanseutvikling. | 11,3 |
Inkluderande barnehagemiljø | Dette er tiltak som skal bidra til at barn har trygge og gode barnehagemiljø. Det må sjåast i samanheng med midlar over kap. 226, post 21. | 10,7 |
Tilsyn og klagebehandling hos statsforvaltarane | Statsforvaltarane har faste tilsynsoppgåver som følger av barnehagelova. Det inneber å føre tilsyn direkte med einskilde barnehagar dersom det viser seg at kommunens tilsyn ikkje fungerer etter intensjonen. | 9 |
Økonomisk tilsyn med private barnehagar | Utviklingsmidlar til det nye nasjonale tilsynet som blei oppretta 1. januar 2022. | 4 |
Ekspertgruppe for å vurdere det samiske barnehagetilbodet | Samansetjinga av gruppa og utforminga av mandatet skal skje i dialog med Sametinget. | 3 |
Kvensk barnehagetilbod | Midlar til språkprosjekt i barnehagar for å gi kvenske/norskfinske barn sjansen til å lære og utvikle det kvenske språket sitt i tidleg alder. | 1 |
Anna | Kunnskapsgrunnlag, støtteressursar til rammeplanen o.a. | 13 |
Totalt | 762 |
Midlane på posten skal nyttast til ulike tiltak i samsvar med målet for posten. Utdanningsdirektoratet får fullmakt til å vurdere disponeringa av midlane på posten i samråd med departementet, innanfor den ramma som er foreslått over, og i samsvar med tiltaka i kompetansestrategien og andre prioriterte område. Regjeringa vil etablere fleire vidareutdanningsplassar i universitets- og høgskulesektoren. Dersom det ikkje er mogleg å etablere nok plassar, vil midlar i hovudsak bli omfordelte til regional ordning. Departementet vil ved behov omdisponere midlar mellom dei ulike satsingane på posten.
Post 61 Tilskot til auka pedagogtettleik og auka grunnbemanning i barnehagar i levekårsutsette område
Posten er ny i 2025. For rapport om midlane til formålet i 2023, sjå omtale under post 21.
Bakgrunnen for opprettinga av posten er at midlane blir tildelt kommunar og derfor bør førast opp på ein 60-post. Vidare blei formålet med tilskotet noko endra i 2024. Det følger av oppmodingsvedtak nr. 907, 21. juni 2024, der Stortinget ber regjeringa justere tilskotsordninga for auka pedagogtettleik i barnehagar i levekårsutsette område samstundes med at ordninga blir styrkt, slik at ho blir ei tilskotsordning for auka pedagogtettleik og auka grunnbemanning.
Sjå også omtale i del I, kap. 3 Oppfølging av oppmodingsvedtak.
Mål for 2025
Målet med tilskotsordninga er å auke prosentdelen barnehagelærarar og/eller å auke grunnbemanninga i barnehagar i levekårsutsette områder. Ordninga gir dermed fleksibilitet for barnehagane når det gjeld styrking av både pedagogtettleiken og grunnbemanninga generelt, sett ut frå lokale behov. Tilskotet skal òg bidra til at målet om 50 pst. barnehagelærarar raskare blir oppfylt i utvalde områder.
Budsjettforslag for 2025
Departementet foreslår å løyve 208,9 mill. kroner på posten i 2025. Av dette er 83 mill. kroner flytta frå kap. 231, post 21. Tilskotet blir tildelt kommunane som er del av statens områdesatsing, og blir fordelt høvesvis etter talet på barn i desse områda.
Post 63 Tilskot til tiltak for å styrke den språklege utviklinga for minoritetsspråklege barn i barnehage
Utdanningsdirektoratet tildeler tilskotet til kommunar som oppfyller følgande to kriterium: at minst 10 pst. av barnehagebarna i kommunen er definerte som minoritetsspråklege, og at dette utgjer minst 50 barn. Definisjonen omfattar barn med ein annan språk- eller kulturbakgrunn enn norsk, samisk, svensk, dansk og engelsk. Kommunane står fritt til å bruke midlane slik det passar best lokalt for å nå målet for posten.
Mål for 2025
Målet med tilskotsordninga er å styrke den språklege utviklinga for minoritetsspråklege barn i barnehage. I Prop. 1 S (2023–2024) blei det varsla at departementet ville sjå nærare på alternative fordelingskriterium som ivaretek måla med både 63-posten og 66-posten endå betre. Løyvinga over 63-posten blei auka betydeleg i 2023, og Utdanningsdirektoratet har hatt ei undersøking som viste at om lag alle kommunane som mottek tilskotet, meiner at det bidreg til måloppnåing. Departementet foreslår derfor ingen endringar for 2025.
Resultat i 2023
Kommunane som oppfyller kriteria, får tilskot. I 2023 omfatta dette 132 kommunar med 49 194 minoritetsspråklege barn i barnehage, mot 116 kommunar med 44 327 barn i 2022. Kommunane har ikkje rapporteringsplikt for bruken av tilskotet.
Budsjettforslag for 2025
Departementet foreslår å løyve 226,3 mill. kroner på posten i 2025.
Post 66 Tilskot til auka barnehagedeltaking for minoritetsspråklege barn
Midlane skal gå til informasjons- og rekrutteringsarbeid i kommunar som har særlege utfordringar med å få minoritetsspråklege barn til å begynne i barnehagen. Dei kommunane som får midlar, står fritt til å bruke midlane slik det passar best lokalt for å nå målet. Kommunar med 80 eller fleire minoritetsspråklege barn som ikkje gjekk i barnehage, får tilbod om å søke om tilskot.
Mål for 2025
Målet med tilskotsordninga er at fleire minoritetsspråklege barn skal få gå i barnehage. I Prop. 1 S (2023–2024) blei det varsla at departementet ville sjå nærare på alternative fordelingskriterium som ivaretek måla med både 63-posten og 66-posten endå betre, jf. omtale under 63-posten over. Når det gjeld auka barnehagedeltaking, viste Barnetilsynsundersøkinga 2023 frå SSB at skilnader i deltaking i barnehage etter sosioøkonomisk status er jamna ut sidan 2016. Det har vore ein betydeleg auke i bruken av barnehage blant barn i låginntektsfamiliar, barn med foreldre utanfor arbeidslivet, barn av foreldre med grunnskule som høgaste utdanningsnivå og barn med foreldre som er fødde utanfor Noreg, samanlikna med tidlegare barnetilsynsundersøkingar. Dei gjenståande sosioøkonomiske forskjellane er størst for 1–2-åringane, som er dei årskulla der barnehagedeltakinga er lågast. 30 pst. av foreldra som ikkje bruker barnehage, meiner det er for dyrt. 60 pst. seier at dei ikkje har søkt om plass fordi dei ikkje treng det akkurat no. Departementet legg derfor til grunn at det er pris som er viktigast å gjere noko med, og foreslår ingen endringar for tilskotsordninga for 2025.
Resultat i 2023
20 kommunar oppfylte kriteriet for tilskotet, og alle søkte om og fekk tilskot. Dei fekk innvilga tilskot for totalt 4 454 barn som ikkje gjekk i barnehage. Satsen per barn blei dermed 5 057 kroner. I 2022 fekk 20 kommunar tilskot for 5 035 barn, og satsen per barn var 3 444 kroner.
Sidan kommunane står fritt til å bruke midlane slik det passar best lokalt, er det inga detaljert rapportering for bruken av midlane. Ei tidlegare evaluering viste at midlane mellom anna går til open barnehage, som er rekna som ein god rekrutteringsarena. Departementet legg til grunn at tilskotet er med på å rekruttere fleire minoritetsspråklege barn til barnehagen, men viser til at det er mange faktorar som spelar saman når foreldre vel om barnet skal gå i barnehage. Sidan ordninga blei oppretta i 2018, har barnehagebruken blant minoritetsspråklege barn auka frå 80,3 pst. i 2017 til 87,4 pst. i 2023. Sjå meir statistikk i del III, kap. 7 Nøkkeltal for barnehagesektoren.
Budsjettforslag for 2025
Departementet foreslår å løyve 24,4 mill. kroner på posten i 2025.
Post 70 Tilskot til symjing i barnehagane
Tilskotsordninga blir forvalta av statsforvaltarane og skal medverke til at kommunar, frivillige organisasjonar og barnehagar kan gjennomføre tiltak for å nå målet.
Mål for 2025
Det overordna målet med ordninga er at barnehagebarn i alderen 4–6 år skal bli trygge i vatnet, slik at dei får eit godt grunnlag for å lære å symje.
Resultat i 2023
Det blei nytta 75,1 mill. kroner til ordninga, og det blei tildelt midlar i alle fylke. Tilskotet gjorde at 37 000 barn fekk tilbod om symjeopplæring i barnehagetida i 2023, mot 37 200 barn i 2022.
Budsjettforslag for 2025
Departementet foreslår å løyve 77,7 mill. kroner på posten i 2025.
Programkategori 07.40 Høgare yrkesfagleg utdanning
Utgifter under programkategori 07.40 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2023 | Saldert budsjett 2024 | Forslag 2025 | Endring i pst. |
240 | Fagskular | 1 271 015 | 1 459 322 | 1 647 863 | 12,9 |
241 | Tiltak for høgare yrkesfagleg utdanning | 27 656 | 24 648 | 23 564 | –4,4 |
242 | Noregs grøne fagskule – Vea | 43 093 | 35 281 | 36 298 | 2,9 |
Sum kategori 07.40 | 1 341 764 | 1 519 251 | 1 707 725 | 12,4 |
Inntekter under programkategori 07.40 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2023 | Saldert budsjett 2024 | Forslag 2025 | Endring i pst. |
3242 | Noregs grøne fagskule – Vea | 14 314 | 7 586 | 7 874 | 3,8 |
Sum kategori 07.40 | 14 314 | 7 586 | 7 874 | 3,8 |
Innleiing
Fagskulane er viktige i arbeidet med livslang læring og tilgang til utdanning i heile landet. Regjeringa vil derfor vidareføre og styrke satsinga på høgare yrkesfagleg utdanning.
Følgande overordna mål er særleg relevante for løyvingane under programkategori 07.40:
Kompetanseheving og livslang læring er meir tilgjengeleg for alle over heile landet.
Kunnskapssektoren har tilbod av høgare kvalitet.
Opplæring og utdanning som gir fleire relevant kvalifisering.
Medarbeidarar i kunnskapssektoren har meir relevant kompetanse.
Høgare yrkesfagleg utdanning kan spele ei endå viktigare rolle i å møte kompetansebehov framover, men det krev at politikken på området blir utvikla vidare. Regjeringa arbeider med ei melding til Stortinget om høgare yrkesfagleg utdanning. I 2023 har Kunnskapsdepartementet gjennomført tematiske innspelsverkstadar og regionale innspelsmøte med fagskulesektoren, og departementet har i 2024 motteke skriftlege innspel til meldinga. Innspela har gitt mykje og nyttig informasjon til arbeidet med meldinga. Meldinga vil mellom anna ta for seg utvikling av fagskulesektoren, kvalitet og relevans i fagskuleutdanningane, i tillegg til akkreditering og finansiering av fagskulane. Meldinga om høgare yrkesfagleg utdanning vil bli lagd fram for Stortinget våren 2025.
Hovudprioriteringar for 2025
Regjeringa vil at fleire skal ta høgare yrkesfagleg utdanning, og foreslår 49 mill. kroner til 1 000 nye studieplassar til fagskulane. I tillegg kjem utgifter til utdanningsstøtte over programkategori 07.80 Utdanningsstøtte. Utdanningar innanfor tekniske fag, helse- og velferdsfag og område som er særleg viktige for det grøne skiftet, skal prioriterast ved tildeling av midlar til dei nye studieplassane. 100 av dei nye studieplassane skal gå til utdanningstilbod innanfor industri- og byggrelaterte fag gjennom ordninga Industrifagskulen.
Regjeringa foreslår å løyve 67 mill. kroner for å vidareføre og trappe opp opptaket til 1 000 nye studieplassar som Stortinget har løyvd midlar til i statsbudsjetta for 2023 og 2024.
Regjeringa foreslår 3 mill. kroner for å etablere Nasjonalt studentombod for fagskulestudentar.
Regjeringa foreslår å auke driftsløyvinga til Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT) med 12,5 mill. kroner til arbeid med tilsyn og akkreditering av høgare yrkesfagleg utdanning, jf. omtale under programkategori 07.60 Høgare utdanning og forsking. Vidare foreslår regjeringa at Noregs forskingsråd kan lyse ut 25 mill. kroner årleg til forsking på høgare yrkesfagleg utdanning og fag- og yrkesopplæring. Med tiltaket aukar løyvinga til Forskingsrådet med 1,3 mill. kroner i 2025, jf. omtale under programkategori 07.10 Administrasjon.
Kapasiteten i høgare yrkesfagleg utdanning
Samfunnet treng fleire fagskulekandidatar
Sidan 2017 er talet på fagskulestudentar dobla, ifølge Tilstandsrapport for høgare yrkesfagleg utdanning 2024, som er utarbeidd av Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir). Hausten 2023 var det registrert om lag 31 400 fagskulestudentar. Det er 3 400 fleire studentar enn i 2022 og tilsvarer ein vekst på 12 pst. Talet på avlagde studiepoeng har stige med 9 pst. Talet på studentar i tekniske fag, som er det største fagområdet, veks mest. Fagområda helse og velferd og økonomi og administrasjon held òg fram med å vekse, medan studenttala ved dei andre fagområda er stabile.
Etterspurnaden etter fagskuleutdanna er større enn tilgangen på arbeidskraft med høgare yrkesfagleg utdanning, ifølge Kompetansebehovsutvalets rapport Fremtidige kompetansebehov: Høyere yrkesfaglig utdanning for et arbeidsliv i endring frå 2022. Utvalet vurderer at høgare yrkesfagleg utdanning kan spele ei viktig rolle i å møte etterspurnad etter kompetanse som følger store trendar, som til dømes teknologisk utvikling og digitalisering.
NHOs kompetansebarometer 2023: Ei kartlegging av kompetansebehovet til NHOs medlemsbedrifter i 2023, viser at 68 pst. av NHO-bedriftene etterspør fagskuleutdanna. Det er det nest mest etterspurde utdanningsnivået, etter vidaregåande opplæring med yrkesfaglege utdanningsprogram. Nordisk institutt for studier av innovasjon, forskning og utdannings (NIFU) arbeidsgivarundersøking 2022, Utdanning i et kunnskapsintensivt samfunn, viser òg stor etterspurnad etter fagskulekompetanse og då særleg tekniske fag.
Helsepersonellkommisjonen peikar på høgare yrkesfagleg utdanning for å bidra til å løyse framtidige utfordringar med arbeidskraft i helse- og omsorgssektoren, jf. NOU 2023: 4 Tid for handling – Personellet i en bærekraftig helse- og omsorgstjeneste. Kommisjonen foreslår mellom anna å sikre betre karrierevegar for helsefagarbeidarar gjennom høgare yrkesfagleg utdanning.
Ifølge undersøkinga Studenters levekår 2021 frå Statistisk sentralbyrå er fagskulestudentane oftare enn andre studentar i arbeid som er relevant for utdanninga. Sju av ti fagskulestudentar tek utdanninga på deltid ved sida av arbeid, og kandidatane får i stor grad relevante jobbar etter utdanninga. NIFUs kandidatundersøking frå 2023 for fagskuleutdanna viser stor grad av arbeidsmarknadsrelevans i utdanningane. Av fagskulekandidatane som gjekk ut i 2019 og 2020, var 88 pst. yrkesaktive i 2021, medan 2 pst. opplyste at dei var arbeidsledige. Ifølge NIFU kjem dette truleg av ein kombinasjon av god arbeidsmarknad og at fagskulekandidatane er etterspurde og godt integrerte i arbeidsmarknaden. Yrkesaktiviteten er særleg høg blant kandidatane frå utdanningane som bygger på fagbrev. Dette kan forklarast med at desse er tett på arbeidslivet og rekrutterer studentar blant allereie yrkesaktive.
Fleire studieplassar i høgare yrkesfagleg utdanning
Regjeringa ønsker at kapasiteten i høgare yrkesfagleg utdanning skal halde fram med å vekse, og foreslår derfor midlar til 1 000 nye studieplassar frå hausten 2025. Midlar til nye studieplassar til fagskulane skal fordelast på bakgrunn av lokale, regionale og nasjonale kompetansebehov og kapasitet i fagskulane. Som i tidlegare år skal fordelinga av studieplassar skje i eit samspel mellom arbeidsliv, fagskular og styresmakter for å sikre at nye studieplassar treffer kompetansebehova i arbeidslivet best mogleg. Som ei oppfølging av frontfagsoppgjeret i 2024 foreslår regjeringa at 100 av dei nye studieplassane skal gå til utdanningstilbod innanfor industri- og byggrelaterte fag gjennom ordninga Industrifagskulen. Regjeringa tek sikte på å halde fram satsinga på nye studieplassar i høgare yrkesfagleg utdanning i 2026.
Som det går fram av Meld. St. 14 (2022–2023) Utsyn over kompetansebehovet i Norge vil tekniske fag, helse- og velferdsfag og område som er særleg viktige for det grøne skiftet, bli prioriterte ved fordeling av midlar til nye studieplassar. Utsynsmeldinga peikar på at fagskulane er særleg eigna til å svare på nye kompetansebehov som mellom anna følger av klima- og miljøutfordringane. Nye studieplassar ved fagskulane vil gi fylkeskommunane høve til å dekke behovet for utdanningstilbod som følger av nye industrisatsingar, og andre kompetansebehov som er relevante for det grøne skiftet i eigne regionar.
Tilgang til relevant høgare yrkesfagleg utdanning
Høgare yrkesfagleg utdanning er viktig for å tilføre arbeidslivet relevant kompetanse og gi folk i arbeid kompetanse tilpassa livssituasjonen deira. Fagskuletilbod er derfor eit sentralt verkemiddel i utdannings- og kompetansepolitikken. Regjeringa legg vekt på at høgare yrkesfagleg utdanning skal vere synleg og tilgjengeleg i heile landet. Høgare yrkesfagleg utdanning skal i stor grad skal vere tilgjengeleg for den einskilde uavhengig av bustad og livssituasjon. Fleksible og tilgjengelege utdanningar ved fagskulane skal sikre at dei som ønsker det kan oppdatere og utvikle kompetansen sin. Det er viktig at arbeidsgivarar og moglege studentar har kjennskap til høgare yrkesfagleg utdanning. Veksten i fagskulesektoren vil bidra til at sektoren blir meir synleg, men det er samstundes viktig å sikre god karriererettleiing og vise fram høgare yrkesfagleg utdanning som utdanningsveg, særleg for yrkesfagelevane. Det er viktig at høgare yrkesfagleg utdanning er tett på arbeidslivet og held kvaliteten oppe, også når sektoren er i kraftig vekst. Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT) har ansvaret for å føre tilsyn med kvaliteten i høgare yrkesfagleg utdanning, og fagskulane skal ha tilfredsstillande interne system for kvalitetssikring, jf. fagskulelova § 5.
Tilstandsrapport for høgare yrkesfagleg utdanning 2024 viser at det hausten 2023 var 175 studiestadar ved dei 60 offentlege og private fagskulane. Studiestadane er spreidde over heile landet. Yrkesfagleg kompetanse er det mest vanlege opptaksgrunnlaget i høgare yrkesfagleg utdanning, men bruken av realkompetanse aukar, særleg innanfor tekniske fag og økonomi- og administrasjonsfaga. 58 pst. av fagskulestudentane er 30 år eller eldre, og 72 pst. av fagskulestudentane studerer på deltid. To tredelar av studentane følger nettbasert undervisning, med eller utan samling. Det heng saman med at dei fleste fagskulestudentane er i arbeid og avhengige av utdanningstilbod som er tilpassa livssituasjonen. Frå 2022 til 2023 har prosentdelen nettbaserte og nett- og samlingsbaserte tilbod auka med 4 prosenteiningar kvar.
Det er mange faktorar som påverkar relevansen i høgare yrkesfagleg utdanning. Det gjeld mellom anna samspelet med arbeids- og næringslivet og kompetansen til dei tilsette. Digitalisering og raske teknologiske endringar stiller krav til kontinuerleg endring i utdanningstilboda, slik at dei er relevante for studentane og arbeidslivet.
Kandidatundersøkinga frå 2023 viser at 54 pst. av fagskulekandidatane meiner innhaldet i utdanninga stemmer godt med arbeidsoppgåvene dei har i arbeidslivet. I rapporten Hvordan samarbeider fagskolene med arbeidslivet om utdanningene? frå 2024 finn NIFU at fagskulane har mykje samarbeid med arbeidslivet. Fagråd for samarbeid med arbeidslivet ser ut til å ha festa seg som ei bransjenorm i fagskulesektoren. Ei anna samarbeidsform som ser ut til å vere viktig, er lærarar som kombinerer undervisningsstillinga med ein annan jobb innanfor fagfeltet.
Nasjonalt studentombod for fagskulestudentar frå 2025
Hausten 2019 blei det lovfesta at fagskulestudentane skal ha tilgang til eit studentombod som skal gi råd og hjelp i spørsmål som gjeld studiesituasjonen. Det er styret ved den einskilde fagskulen som skal sørge for at studentane har tilgang til eit studentombod. Departementet har motteke ei utgreiing av ordninga frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) som mellom anna viser at ordninga fungerer relativt godt, men at eit nasjonalt studentombod vil bidra til at alle fagskulestudentane får det same tilbodet.
Stortinget meiner det er nødvendig med eit nasjonalt studentombod, jf. Innst. 12 S (2023–2024), og har derfor vedteke etablering av eit nasjonalt studentombod for fagskulestudentar, jf. Innst. 290 L (2023–2024) og Lovvedtak 61 (2023–2024). Regjeringa vil opprette studentombodet med verknad frå 1. august 2025. Regjeringa foreslår midlar til etableringa i 2025, jf. omtale under kap. 241, post 21. Departementet tek sikte på å sende på høyring eit forslag om mindre endringar i fagskulelova for å legge til rette for etableringa av eit nasjonalt studentombod. Etablering av eit nasjonalt studentombod for fagskulestudentar følger opp Hurdalsplattforma til regjeringa.
Forsking på høgare yrkesfagleg utdanning
I samband med arbeidet med meldinga til Stortinget om høgare yrkesfagleg utdanning har departementet sett at det er behov for meir langsiktig forsking på høgare yrkesfagleg utdanning og på fag- og yrkesopplæring. Dette vil på sikt kunne medverke til å auke kvaliteten i dei yrkesfaglege utdanningane. Regjeringa foreslår derfor midlar til forsking på høgare yrkesfagleg utdanning og fag- og yrkesopplæring og at midlane blir lyste ut gjennom Forskingsrådet. Tiltaket skal stimulere til framvekst av sjølvstendige forskingsmiljø. Sjå omtale under kap. 201, post 70 i programkategori 07.10 Administrasjon.
Innføring av institusjonsakkreditering i høgare yrkesfagleg utdanning
Regelverket for akkreditering av nye fagskuleutdanningar er etablert for å sikre kvaliteten i høgare yrkesfagleg utdanning. NOKUT mottek fleire søknader om akkreditering av studietilbod i høgare yrkesfagleg utdanning enn før. I 2017 var talet på søknader 66, og i 2023 var det 96 søknader. Meir arbeid med akkreditering kan gjere at NOKUT får mindre kapasitet til å føre tilsyn med fagskulane. Det kan ta lang tid å etablere nye studietilbod når mange søker NOKUT om godkjenning samstundes. For å unngå lang kø av søknader om akkreditering av einskildstudium fekk fagskulane moglegheit til å søke NOKUT om å få godkjenning av fagområde (fagområdeakkreditering) etter ei lovendring i 2007.
Fagområdeakkreditering gir fagskulen høve til sjølv å opprette nye utdanningar og å gjere endringar i eksisterande utdanningar innanfor det akkrediterte fagområdet. Per 1. juni 2024 har 14 fagskular akkreditering for til saman 26 fagområde. I 2023 kom det inn 20 nye søknader om fagområdeakkreditering. Ein fagskule som får akkreditert eit fagområde har vist at kompetanse og rutinar er på plass, slik at fagskulen sjølv er i stand til å akkreditere utdanningar innanfor fagområdet. Dette bidreg til at fagskulane blir meir robuste, dei får større sjølvråderett til å legge planar for vidareutvikling og til å styre ressursane, og dei kan raskare omstille utdanningstilbodet ut frå behov i arbeidslivet. Det er derfor viktig at fleire fagskular oppnår fagområdeakkreditering. I tillegg vil dette kunne legge grunnlaget for vidare vekst i fagskulesektoren utan at kapasiteten NOKUT har til å akkreditere utdanningar, blir pressa ytterlegare.
Stortinget har vedteke å opne for institusjonsakkreditering i høgare yrkesfagleg utdanning, jf. fagskulelova § 5. Endringa er nærare omtala i Prop. 64 L (2023–2024) Endringer i fagskoleloven (institusjonsakkreditering for fagskoler mv.). Departementet vil sende forslag til vilkår for institusjonsakkreditering på høyring, før dei blir fastsette i fagskuleforskrifta. Ein fagskule som får institusjonsakkreditering vil sjølv kunne akkreditere høgare yrkesfaglege utdanningar innanfor alle fagområde. Å opne for institusjonsakkreditering vil gi NOKUT utvida oppgåver med akkreditering og samstundes auke behovet for å føre tilsyn med kvalitetsarbeidet til fagskulane. Departementet foreslår å auke driftsløyvinga til NOKUT til arbeidet med tilsyn og akkreditering i høgare yrkesfagleg utdanning. Sjå omtale under kap. 271, post 01 i programkategori 07.60 Høgare utdanning og forsking.
Kap. 240 Fagskular
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2023 | Saldert budsjett 2024 | Forslag 2025 |
60 | Driftstilskot til fagskular | 1 224 895 | 1 384 174 | 1 570 090 |
61 | Utviklingsmidlar for høgare yrkesfagleg utdanning, kan overførast | 46 120 | 75 148 | 77 773 |
Sum kap. 240 | 1 271 015 | 1 459 322 | 1 647 863 |
Post 60 Driftstilskot til fagskular
Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) forvaltar ordninga for driftstilskot til fagskular. Direktoratet fordeler tilskotet til fylkeskommunane, som tildeler tilskot vidare til fagskular i eige fylke. Tilskotet til fylkeskommunane blir justert årleg ut frå oppnådde studiepoeng ved utdanningstilbod med offentleg finansiering. Tilskotsordninga omfattar øyremerkte tilskot til nokre fagskular som mellom anna tidlegare var godkjende etter privatskulelova kap. 6A. Ordninga inkluderer òg midlar til utdanningstilbod innanfor industri- og byggrelaterte fag gjennom ordninga Industrifagskulen. Midlane til Industrifagskulen blir fordelte av HK-dir etter søknad.
Utdanningsdirektoratet forvaltar ei tilskotsordning for fagskuleutdanning i oppvekstfag for barnehagetilsette. Den blir finansiert over kap. 231, post 21, jf. omtale under programkategori 07.30 Barnehagar.
Det er viktig å sjå samanhengen mellom kompetansebehova i arbeidslivet og talet på fagskulekandidatar i helsefag. Kunnskapsdepartementet følger saman med Helse- og omsorgsdepartementet utviklinga for helsefaga i høgare yrkesfagleg utdanning gjennom mellom anna den årlege tilstandsrapporten for høgare yrkesfagleg utdanning som blir utarbeidd av HK-dir, og vurderer tiltak ved behov.
Mål for 2025
Følgande mål gjeld for høgare yrkesfagleg utdanning som er omfatta av løyvinga over kap. 240, post 60:
høg kvalitet i høgare yrkesfagleg utdanning
relevant høgare yrkesfagleg utdanning som svarer på kompetansebehova i arbeidslivet
god tilgang til høgare yrkesfagleg utdanning i heile landet
effektiv og veldriven fagskulesektor
Resultat i 2023
Fylkeskommunane forvalta til saman 1,2 mrd. kroner til drift av fagskular i 2023. Av dette var 41 mill. kroner øyremerkte utdanningstilbod i industri- og byggrelaterte fag gjennom ordninga Industrifagskulen. I 2023 deltok om lag 1 700 fagskulestudentar på tilbod gjennom Industrifagskulen. Tilskotet på posten auka med 17 mill. kroner som følge av resultatbasert utteljing for studiepoeng.
I 2023 fekk 39 fagskular driftstilskot over posten, og av desse var 12 private fagskular med øyremerkt tilskot. Totalt fekk 27 private fagskular og 12 offentlege fagskular tilskot over posten.
Tilskotet til 500 nye studieplassar i 2023 gjekk til 50 utdanningstilbod ved 23 fagskular. 36 av desse utdanningstilboda er innanfor tekniske fag eller helse- og velferdsfag. Elles er utdanningane hovudsakleg innanfor leiing eller grøn omstilling.
Det som i Database for fagskulestatistikk er rapportert som offentleg finansiert, er hovudsakleg finansiert med midlar over denne posten. Om lag 73 pst. av fagskulestudentane er tekne opp på utdanningstilbod som er heilt eller delvis offentleg finansierte. Studiepoengproduksjonen ved utdanningstilbod med offentleg tilskot held fram med å auke, og frå 2022 til 2023 var auken på 10,4 pst., mot 13 pst. året før.
Gjennomsnittsalderen til fagskulestudentane på offentleg finansierte utdanningstilbod er 34 år, litt over gjennomsnittet for alle fagskulestudentane. 80 pst. av desse studentane studerer på deltid. Om lag to tredelar av alle fagskulestudentane på offentleg finansierte utdanningstilbod følger eit utdanningstilbod som er nettbasert, med eller utan samlingar.
Budsjettforslag for 2025
Departementet foreslår å løyve 1,6 mrd. kroner på posten.
I løyvinga inngår 21,6 mill. kroner på bakgrunn av ein auke i studiepoeng som er oppnådde ved fagskuletilbod med offentleg tilskot i 2023. 82,8 mill. kroner av midlane på posten er øyremerkt tolv private fagskular.
For å få fleire til å ta høgare yrkesfagleg utdanning foreslår regjeringa 49 mill. kroner til 1 000 nye studieplassar til fagskulane frå hausten 2025. I tillegg kjem utgifter til utdanningsstøtte over programkategori 07.80 Utdanningsstøtte. I forslaget har departementet lagt til grunn finansiering av 900 toårige studieplassar, og i 2025 er det lagt inn midlar til halvårseffekt for desse studieplassane. Utdanningar innanfor tekniske fag, helse- og velferdsfag og område som er særleg viktige for det grøne skiftet, skal prioriterast ved tildeling av midlar til dei nye studieplassane, jf. Meld. St. 14 (2022–2023) Utsyn over kompetansebehovet i Norge. 8,9 mill. kroner av midlane til nye studieplassar skal gå til 100 nye eittårige studieplassar til utdanningstilbod innanfor industri- og byggrelaterte fag gjennom ordninga Industrifagskulen. Det er lagt til grunn heilårseffekt for desse studieplassane frå 2025. Inkludert midlane til dei nye studieplassane går 53 mill. kroner av løyvinga på posten til Industrifagskulen. HK-dir tildeler midlane gjennom ordninga Industrifagskulen for tre år. Departementet foreslår derfor ei tilsegnsfullmakt på 106,1 mill. kroner på posten, jf. forslag til vedtak IV nr. 1.
Stortinget vedtok midlar til totalt 1 000 nye studieplassar til fagskulane i samband med statsbudsjetta for 2023 og 2024. Regjeringa foreslår å løyve 67 mill. kroner for å vidareføre og trappe opp opptaket til desse studieplassane. I tillegg kjem utgifter til utdanningsstøtte over programkategori 07.80 Utdanningsstøtte.
Post 61 Utviklingsmidlar for høgare yrkesfagleg utdanning, kan overførast
Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) forvaltar tilskotsordninga. Fagskular kan søke HK-dir om tilskot gjennom ordninga.
Mål for 2025
Høg kvalitet i utdanningstilboda og godt samsvar mellom utdanningstilboda og den kompetansen arbeidslivet etterspør.
Resultat i 2023
I sluttrapporten frå Deloitte om evaluering av fagskulemeldinga frå 2017 kjem det fram at tilskotsordninga for utviklingsmidlar er viktig for kvalitetsarbeidet i høgare yrkesfagleg utdanning, og at ordninga i stor grad fungerer i samsvar med intensjonen. 91 pst. av respondentane i ei spørjeundersøking hausten 2022 svarar at det er formålstenleg at det er etablert ei søknadsbasert ordning for utviklingsmidlar. I 2023 blei det tildelt 51,1 mill. kroner til 40 prosjekt ved 20 fagskular.
I 2023 har fagskulane gjennom ordninga fått midlar til:
utvikling av nye utdanningar i samarbeid med arbeidslivet
utstyr for å kunne tilby utdanningar som gir kompetanse og ferdigheiter som arbeidslivet treng
digital teknologi i læring og undervisning for å auke læringsutbytet til studentane
å auke kompetansen for lærarar for å sikre undervisning av høg kvalitet.
I 2023 starta HK-dir eit analysearbeid for å sikre at ordninga er innretta slik at ho treffer behova i sektoren. Funna frå arbeidet viser at fagskulane er nøgde med tilskotsordninga og det som dei kan søke om midlar til. Dei fire utviklingsområda som fagskulane har fått midlar til, svarar på mange av behova sektoren har for utviklingsprosjekt. Samstundes kjem det fram ønske om å opne for nye utviklingsområde. Data frå ein gjennomgang av 300 prosjekt som fekk midlar frå tilskotsordninga i perioden 2017–2023, har blitt brukte for å legge betre til rette for å utveksle erfaringar og resultat frå ulike prosjekt. HK-dir held fram med arbeidet i 2024.
Budsjettforslag for 2025
Kunnskapsdepartementet foreslår å løyve 77,8 mill. kroner på posten.
Følgande prioriteringar gjeld for utviklingsmidlane i 2025:
utvikling av utdanningar
auka kompetanse for lærarar
eingongsinvesteringar i utstyr og infrastruktur
utvikling av internasjonalisering
I vurderinga av søknader blir fagskular med fagområdeakkreditering og fagskular med maritime fag med prosjekt retta mot maritim utdanning prioriterte. Når det gjeld utvikling av utdanningar, er det ei særskilt prioritering av helse- og velferdsfag og tekniske fag.
Kap. 241 Tiltak for høgare yrkesfagleg utdanning
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2023 | Saldert budsjett 2024 | Forslag 2025 |
21 | Særskilde driftsutgifter, kan overførast | 27 656 | 24 648 | 23 564 |
Sum kap. 241 | 27 656 | 24 648 | 23 564 |
Post 21 Særskilde driftsutgifter, kan overførast
Posten omfattar midlar til prosjekt for fagskulesektoren.
Mål for 2025
God kunnskap om fagskulesektoren, høg kvalitet i høgare yrkesfagleg utdanning og ein tilgjengeleg og synleg fagskulesektor.
Resultat i 2023
Det er i 2023 gjennomført fleire tiltak som skal bidra til å nå måla for løyvinga på posten. Dette gjeld mellom anna tildeling av midlar til to senter for framifrå høgare yrkesfagleg utdanning, fagskulekonferansen og utdanningskvalitetsprisen.
Deloitte har på oppdrag frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) evaluert innføringa og verknadene av tiltaka i fagskulemeldinga Meld. St. 9 (2016–2017) Fagfolk for fremtiden – Fagskoleutdanning. Etter å ha levert to delrapportar i 2021 og 2022 leverte Deloitte sluttrapport for dette arbeidet i 2023. Sluttrapporten har hovudfokus på dei kvalitetshevande tiltaka i fagskulemeldinga. Deloittes evalueringsarbeid er eit bidrag inn i arbeidet med ny melding til Stortinget om høgare yrkesfagleg utdanning.
På vegner av Nasjonalt fagskoleråd har HK-dir administrert arbeidet med å oppdatere 39 nasjonale planar i høgare yrkesfagleg utdanning. Planane er rådgivande og skal bidra til auka kvalitet i utdanninga.
Utdanning.no har utvikla innhaldet for høgare yrkesfagleg utdanning vidare, med vekt på yrkesintervju, slik at vaksne og unge som vurderer høgare yrkesfagleg utdanning skal få innsikt i yrkes- og karrieremoglegheiter etter utdanning.
I 2023 har HK-dir arbeidd med å styrke kvaliteten på data som fagskulesektoren rapporterer. Arbeidet er knytt til betre definisjonar, dokumentasjon og automatiske kontrollar ved rapportering frå fagskulane. Endringane i innrapporteringssystemet har ført til ei meir effektiv rapportering.
Budsjettforslag for 2025
Departementet foreslår å løyve 23,6 mill. kroner på posten. Midlane vil mellom anna gå til HK-dir til tiltak som skal utvikle kvaliteten i høgare yrkesfagleg utdanning og kunnskapsgrunnlaget om sektoren. Midlane til forsøksordninga med to senter for framifrå høgare yrkesfagleg utdanning blir vidareførte i 2025.
Regjeringa vil opprette eit nasjonalt studentombod for fagskulestudentar for å bidra til at alle fagskulestudentane får det same tilbodet om råd og hjelp i spørsmål som gjeld studiesituasjonen. Regjeringa foreslår 3 mill. kroner for å etablere studentombodet med verknad frå 1. august 2025.
Departementet vil samle midlar til drift i HK-dir på driftsløyvinga til direktoratet på kap. 256. Som ei følge av dette foreslår departementet å flytte 3,8 mill. kroner frå posten til kap. 256, post 21. Dette er midlar til arbeid med kvalitetsutvikling i høgare yrkesfagleg utdanning og kandidatundersøkinga i høgare yrkesfagleg utdanning.
Kap. 242 Noregs grøne fagskule – Vea
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2023 | Saldert budsjett 2024 | Forslag 2025 |
01 | Driftsutgifter | 40 307 | 33 805 | 34 756 |
45 | Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast | 2 786 | 1 476 | 1 542 |
Sum kap. 242 | 43 093 | 35 281 | 36 298 |
Post 01 Driftsutgifter og post 45 Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast
Løyvinga på kap. 242 går til å drifte Noregs grøne fagskule – Vea. Fagskulen er akkreditert for grøne design- og miljøfag og har studentar på mellom anna gartnar-, anleggsgartnar- og interiørfaglege studieprogram. I tillegg til høgare yrkesfagleg utdanning tilbyr Vea vaksenopplæring på vidaregåande nivå for elevar frå ulike fylke når fylkeskommunen betaler for det, jf. kap. 3242, post 61.
Mål for 2025
Noregs grøne fagskule – Vea skal arbeide etter følgande mål:
høg kvalitet i høgare yrkesfagleg utdanning
relevant høgare yrkesfagleg utdanning som svarer på kompetansebehova i arbeidslivet
god tilgang til høgare yrkesfagleg utdanning i heile landet
effektiv og veldriven fagskulesektor
Resultat i 2023
Noregs grøne fagskule – Vea markerte 100 år i 2023 med fleire arrangement. Ved utgangen av året hadde Vea 18 fagskuletilbod og 2 tilbod i vidaregåande opplæring, i tillegg til korte kurs. Hausten 2023 var det 278 studentar og elevar ved skulen, og av desse var 187 fagskulestudentar og 91 vaksne elevar i vidaregåande opplæring. I tillegg har skulen 51 studentar på einskildemne på fagskulenivå. Det er om lag på same nivå som åra før.
Frå 2022 til 2023 har talet på søkarar per studieplass ved fagskuletilboda gått ned, men det ligg framleis høgt samanlikna med andre fagskular. Ifølge fagskulen er det forventa at talet på søkarar vil variere noko frå år til år, sidan ein del av utdanningane berre blir tilbodne annakvart år. I tillegg varierer det kor mange studieplassar som blir utlyste i dei ulike utdanningsalternativa.
I 2023 har skulen vore ein attraktiv samarbeidspartnar og jobba godt i viktige nasjonale og internasjonale prosjekt og utviklingsarbeid.
Budsjettforslag for 2025
Departementet foreslår å løyve 34,8 mill. kroner på post 01 og 1,5 mill. kroner på post 45.
Departementet foreslår at løyvinga på post 01 kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter på kap. 3242, post 02 og 61, jf. forslag til vedtak II nr. 1.
Kap. 3242 Noregs grøne fagskule – Vea
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2023 | Saldert budsjett 2024 | Forslag 2025 |
02 | Salsinntekter o.a. | 14 272 | 7 536 | 7 822 |
61 | Refusjon frå fylkeskommunar | 42 | 50 | 52 |
Sum kap. 3242 | 14 314 | 7 586 | 7 874 |
Post 02 gjeld inntekter frå mellom anna prosjektstøtte, semesteravgift, sal i kantine, hybelutleige og kortare kurs. Post 61 gjeld betaling frå fylkeskommunar for kjøp av opplæringsplassar ved skulen.
Departementet foreslår å løyve 7,8 mill. kroner på post 02 og 52 000 kroner på post 61.
Programkategori 07.50 Kompetansepolitikk og livslang læring
Utgifter under programkategori 07.50 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2023 | Saldert budsjett 2024 | Forslag 2025 | Endring i pst. |
253 | Folkehøgskular | 1 080 447 | 1 116 379 | 1 158 801 | 3,8 |
254 | Studieforbund o.a. | 77 864 | 75 183 | 75 796 | 0,8 |
256 | Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse | 483 956 | 466 839 | 525 654 | 12,6 |
257 | Kompetanseprogrammet | 223 870 | 210 808 | 217 910 | 3,4 |
258 | Tiltak for livslang læring | 104 567 | 112 836 | 74 329 | –34,1 |
Sum kategori 07.50 | 1 970 704 | 1 982 045 | 2 052 490 | 3,6 |
Inntekter under programkategori 07.50 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2023 | Saldert budsjett 2024 | Forslag 2025 | Endring i pst. |
3256 | Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse | 58 593 | 31 066 | 41 755 | 34,4 |
Sum kategori 07.50 | 58 593 | 31 066 | 41 755 | 34,4 |
Innleiing
Eit høgt kompetansenivå i befolkninga, tilpassa behova til arbeidslivet, bidreg til brei deltaking, nyskaping, omstilling og vekst i norsk nærings- og arbeidsliv. Kunnskapsdepartementet la våren 2023 fram ei melding til Stortinget om kompetansebehova i arbeidslivet på kort og lang sikt, jf. Meld. St. 14 (2022–2023) Utsyn over kompetansebehovet i Norge. I åra som kjem, er det rimeleg å tru at mangel på kompetanse vil bli ein av dei viktigaste flaskehalsane for å løyse dei store utfordringane i samfunnet. Det gir behov for klare prioriteringar. I utsynsmeldinga varslar regjeringa at følgande vil bli prioritert i utdannings- og kompetansepolitikken framover:
kompetanse som er nødvendig for eit høgproduktivt og konkurransedyktig næringsliv
kompetanse som er nødvendig for å gjennomføre det grøne skiftet
kompetanse som er nødvendig for å ha gode velferdstenester i heile landet og for å handtere den demografiske utviklinga, balansert opp mot behovet for arbeidskraft i andre sektorar i samfunnet
å kvalifisere og mobilisere fleire av dei som står utanfor arbeidslivet
Kunnskapsdepartementet har ansvaret for å samordne kompetansepolitikken, og dei kompetansepolitiske verkemidla går på tvers av departement, sektorar og forvaltningsnivå. Sentrale tiltak i kompetansepolitikken er derfor omtala under andre programkategoriar under Kunnskapsdepartementet og andre departement. Over programkategori 07.50 Kompetansepolitikk og livslang læring blir nokre av dei sentrale verkemidla finansierte, mellom anna Kompetanseprogrammet. Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) blir finansiert over programkategorien.
Tilskot til folkehøgskulane blir òg finansierte over denne programkategorien.
Følgande overordna mål for Kunnskapsdepartementet er særleg relevante for løyvingane under programkategori 07.50:
Samfunnet og arbeidslivet har tilgang på relevant kompetanse.
Kompetanseheving og livslang læring er meir tilgjengeleg for alle over heile landet.
Opplæring og utdanning som gir fleire relevant kvalifisering.
Hovudprioriteringar for 2025
Ei rekke av dei viktigaste kompetansepolitiske satsingane til regjeringa for å bidra til livslang læring i heile landet blir finansierte over andre programkategoriar under Kunnskapsdepartementet:
320 mill. kroner for å finansiere fullføringsretten i vidaregåande opplæring, sjå programkategori 07.20 Grunnopplæringa.
83,2 mill. kroner til ordninga Fagbrev på jobb, sjå programkategori 07.20 Grunnopplæringa.
60,8 mill. kroner til 1 000 nye studieplassar i høgare yrkesfagleg utdanning, inkludert 8,9 mill. kroner til 100 nye studieplassar til ordninga Industrifagskulen og utgifter til utdanningsstøtte, sjå programkategori 07.40 Høgare yrkesfagleg utdanning.
Ei ny låneordning for vaksne i jobb som treng å fylle på kompetanse, sjå programkategori 07.80 Utdanningsstøtte.
Regjeringa ønsker å styrke treparts bransjeprogram for kompetanseutvikling. Departementet foreslår derfor å styrke løyvinga til Kompetanseprogrammet med 15 mill. kroner til å vidareføre bransjeprogrammet for industri- og byggenæringa for tre nye år, frå 2025 til og med 2027.
Kompetansebehov i arbeidslivet
Mange verksemder får ikkje tak i personar med relevant kompetanse
Ifølge Navs bedriftsundersøking er arbeidskraftmangelen lågare no enn i 2022 og 2023, og han er på om lag same nivå som gjennomsnittet dei siste ti åra. Ifølge undersøkinga gjekk mangelen på arbeidskraft ned frå om lag 53 000 personar i 2023 til 43 600 i 2024. Det er framleis størst mangel på arbeidskraft i helse- og sosialtenester. I tillegg er det mangel på fagarbeidarar som kokkar, elektrikarar og anleggs- og industrimekanikarar.
God tilgang på kompetanse er avgjerande for at bedrifter skal kunne skape verdiar, og for at offentlege verksemder skal kunne levere likeverdige tenester av høg kvalitet i heile landet. Det er til dels store skilnader i utdanningsnivå mellom sentrale strøk og distrikt. Målt i absolutte tal syner bedriftsundersøkinga at mangelen på arbeidskraft i 2023 er størst i Vestland, Oslo og Rogaland. Verksemdene i Troms og Finnmark, Nordland og Møre og Romsdal har likevel størst problem med å få tak i kvalifisert arbeidskraft.
Utanlandsk arbeidskraft dekker 20 pst. av arbeidskraftbehovet i Noreg – og langt meir innanfor ufaglærte yrke og handverksyrke. Dei siste 20 åra har talet på arbeidsinnvandrarar blitt femdobla. Arbeidsinnvandringa gjekk ned under pandemien, men var i 2023 tilbake på nivået frå før pandemien. Tilgangen på utanlandsk arbeidskraft i framtida er usikker, mellom anna fordi mange land i Europa har utfordringar med ei aldrande befolkning og mangel på kompetent arbeidskraft, og fordi den relative fordelen med å jobbe i Noreg blir mindre når lønnsnivået stig i andre europeiske land.
Kompetansebehova endrar seg med omstilling av arbeidslivet
Den teknologiske og demografiske utviklinga endrar kompetansebehova i samfunnet. God tilgang på etter- og vidareutdanning er viktig for å dekke endra kompetansebehov i arbeidslivet.
Digitalisering og automatisering reduserer etterspurnaden etter nokre yrke og arbeidsoppgåver, og endrar innhaldet i andre yrke. Samstundes skaper den teknologiske utviklinga nye jobbar, og har dei siste tiåra favorisert høgt utdanna arbeidskraft og fortrengt arbeidskraft med grunnskuleutdanning og vidaregåande opplæring, på grunn av høgare krav til produktivitet i arbeidslivet, jf. Meld. St. 31 (2023–2024) Perspektivmeldingen 2024. Den raske utviklinga innanfor ny teknologi, som kunstig intelligens får konsekvensar for arbeidsmarknaden, men det er uvisst korleis utviklinga vil påverke behovet for kompetanse og arbeidskraft framover. Kompetansebehovsutvalet har fått i oppgåve å sjå på korleis dei nye teknologiane påverkar kompetansebehova i arbeidslivet, og skal levere ein rapport om temaet i 2025.
Den demografiske utviklinga, med stadig færre yrkesaktive som står bak kvar pensjonist, endrar òg kompetansebehova. Talet på eldre over 80 år er venta å doble seg fram mot 2040. Fleire eldre aukar behovet for helse- og omsorgstenester, særleg i distrikta, der mangelen på arbeidskraft i kommunale helse- og omsorgstenester er stor.
Det grøne skiftet inneber at kompetansen til arbeidstakarar må tilpassast omstillinga til eit lågutsleppssamfunn. Omstillinga fører til nye jobbar i nye næringar, men omstillinga kjem særleg i eksisterande næringar. Etterspurnaden etter yrkesgrupper som ingeniørar, IKT-spesialistar og fagarbeidarar i teknologi og handverksfag vil auke som følge av omstillinga. Det er samstundes utfordrande å føreseie kva type og kor mange jobbar som vil falle bort eller kome til med det grøne skiftet. Veksttakten innanfor nye energinæringar som havvind, batteriproduksjon, hydrogen og CO2-fangst og -lagring er usikker.
Kompetansereform for arbeidslivet
Auka krav til kompetanse i arbeidslivet inneber at kompetansepolitikken har ei nøkkelrolle i møte med fleire samfunnsutfordringar. Regjeringa har sett ned eit utval som skal greie ut ei kompetansereform for arbeidslivet, i tråd med Hurdalsplattforma. Utvalet består av hovudsamanslutningane i arbeidslivet og skal levere ein rapport desember 2024. Utvalet skal greie ut moglegheiter og verkemiddel for læring i arbeidslivet i Noreg. Det skal sjå på korleis ein kan legge til rette for å utvikle kostnadseffektive moglegheiter for utdanning og kompetanseutvikling av god kvalitet tilpassa behova i arbeidslivet, og korleis partane i arbeidslivet kan legge til rette for læring i arbeidslivet. Vidare skal utvalet sjå på korleis ein kan vidareutvikle modellar for realkompetansevurdering og verdsetjing av kompetanse utvikla i arbeidslivet, og ulike modellar for å stimulere til etter- og vidareutdanning.
Kompetanseprogrammet
Kompetanseprogrammet består av fleire tiltak for kompetanseutvikling i tråd med behova til arbeidslivet. Kompetanseprogrammet har tre programområde:
treparts bransjeprogram for kompetanseutvikling
utprøving av insentivordningar for livslang læring
Kompetansepluss
Bransjeprogramma er eit spleiselag der staten finansierer utvikling og drift av relevante kompetansetilbod for bransjar med særleg stort behov for kompetanseutvikling. Bedriftene og dei tilsette bidreg med tida dei bruker på kompetanseutvikling.
I 2024 er det fem bransjeprogram. Bransjeprogramma for jordbruks-, skogbruks- og gartnerinæringa og avfalls- og gjenvinningsbransjen skal fasast ut ved utgangen av 2024. Som ei oppfølging av frontfagoppgjeret i 2024 foreslår departementet å vidareføre bransjeprogrammet for industri- og byggenæringa for tre nye år, frå 2025 til og med 2027. Departementet inviterte våren 2024 partane i arbeidslivet til å nominere nye bransjar. Partane nominerte i alt 14 bransjar. Departementet vil etablere to nye bransjeprogram – eit for helse- og omsorgssektoren og eit for solkraftbransjen. Programma vil etter planen starte opp i 2024, med første tildeling i 2025. Kompetanseprogrammet blir finansiert over kap. 257.
Styrking av høgare yrkesfagleg utdanning
Fagskulane har ei viktig rolle i regjeringa si satsing på livslang læring. Fagskulane skal gi korte og yrkesretta utdanningstilbod i heile landet, og dei skal kunne reagere raskt på nye kompetansebehov og bidra til å tette kompetansegap i arbeidslivet. Regjeringa vil styrke høgare yrkesfagleg utdanning og foreslår midlar til 1 000 nye studieplassar, inkludert 100 nye studieplassar til ordninga Industrifagskulen, sjå programkategori 07.40 Høgare yrkesfagleg utdanning. Regjeringa arbeider med ei melding til Stortinget om høgare yrkesfagleg utdanning, som mellom anna vil ta for seg utvikling av fagskulesektoren, kvalitet og relevans i fagskuleutdanningane, i tillegg til akkreditering og finansiering av fagskulane.
Kompetanselån – ny låneordning tilpassa vaksne i arbeid
Høgare utdanning og høgare yrkesfagleg utdanning skal bli meir tilgjengeleg ved at ein tilbyr fleire korte og moduliserte utdanningar som er tilpassa behova til den einskilde og til arbeidslivet. Departementet foreslår derfor å utvide utdanningsstøtteordningane slik at kortare utdanningstilbod tilpassa vaksne i arbeid kan gi rett til lån frå våren 2025. Med innføring av eit kompetanselån frå våren 2025 skal vaksne i slike tilbod få tilgang til ei ny låneordning utan stipenddel. Lånet blir tilgjengeleg uavhengig av inntekta til den einskilde. Sjå omtale av tiltaket under programkategori 07.80 Utdanningsstøtte.
Betre fordeling av kompetanse i heile landet
Regjeringa vil gjere det meir attraktivt å busetje seg og arbeide i distrikta. Dette skal bidra til god tilgang på kompetanse og skape levedyktige lokalsamfunn i heile landet. Kunnskapsdepartementet foreslår derfor å innføre ei ny ordning for sletting av studielån. Gjennom ordninga kan arbeidstakarar som bur i dei minst sentrale kommunane, få sletta 25 000 kroner av gjelda i året, sjå omtale av tiltaket under programkategori 07.80 Utdanningsstøtte.
Godkjenningsordningane for utanlandsk utdanning skal utviklast
Godkjenning av utanlandsk utdanning og yrkesgodkjenning er verktøy for å informere om medbringa kompetanse og sikre tilgangen til kvalifisert arbeidskraft frå utlandet. HK-dir har opplevd ein stor auke i søknader frå 2023, både frå ukrainske flyktningar og frå andre søkarar, som har utfordra saksbehandlingskapasiteten i direktoratet. Departementet foreslår å vidareføre midlar til å auke kapasiteten i HK-dir til å behandle saker om godkjenning av utanlandsk utdanning i 2025-budsjettet.
I 2023 blei det gjennomført ei evaluering av godkjenning av utanlandsk fagskuleutdanning, og den inngår i arbeidet med ei melding til Stortinget om høgare yrkesfagleg utdanning. Reglane om godkjenning av utanlandsk høgare utdanning blei vidareførte i ny universitets- og høgskulelov og tok til å gjelde 1. august 2024, samstundes med ei ny forskrift om generell godkjenning av utanlandsk høgare utdanning. Lova viser i tillegg til UNESCOs globalkonvensjon for godkjenning av høgare utdanning. Regjeringa vil halde fram med å utvikle godkjenningsordningane for utanlandsk utdanning for å gjere det enklare å ta i bruk kompetanse frå utlandet i det norske arbeidslivet.
Arbeidskraftreserven – dei som står utanfor arbeidslivet
Det blir stadig vanskelegare for dei med lite utdanning å klare seg i arbeidsmarknaden
Over 500 000 vaksne er verken i arbeid eller i utdanning. Med minkande ungdomskull og mindre arbeidsinnvandring dei neste åra vil det norske arbeidslivet trenge at også fleire vaksne som i dag står utanfor arbeid, blir kvalifiserte inn i arbeid. Kompetanse frå vidaregåande opplæring er ein føresetnad for varig tilknyting til det norske arbeidslivet. Om lag halvparten av arbeidskraftreserven opplyser at helse er den største hindringa for å kome i arbeid, men nesten like mange viser til lite utdanning. Dei som ikkje har fullført utdanning utover grunnskulen, har problem med å få varig tilknyting til arbeidslivet. Dette er ei stor gruppe som utgjer 230 000 personar under 62 år, og blant dei er mange innvandrarar og unge. Det blir eit stadig skarpare skilje i arbeidsmarknaden mellom dei som har fullført vidaregåande opplæring, og dei som ikkje har gjort det.
Det er fleire barrierar som kan hindre personar i å kvalifisere seg for arbeid gjennom utdanning og kompetanseutvikling. Mange som har erfaring med å ikkje lykkast i skulen, har låg motivasjon for å kome tilbake og fullføre noko dei tidlegare har avbrote, eller for å ta meir utdanning. Det er eit problem at realkompetansevurdering blir brukt i for liten grad for å avkorte og tilpasse opplæringsløpa til vaksne i vidaregåande opplæring. For mange vaksne vil manglande ytingar til livsopphald vere eit hinder for å ta meir utdanning.
Retten til vidaregåande opplæring er utvida, og opplæringa blir betre tilpassa vaksne
Ved behandlinga av Meld. St. 21 (2020–2021) Fullføringsreformen – med åpne dører til verden og fremtiden slutta Stortinget seg til at modulstrukturert opplæring skal bli hovudmodell for all opplæring for vaksne. Med ei modulorganisering av opplæringa blir det enklare å bygge vidare på den kompetansen den einskilde allereie har. Det er òg eit mål at fleire vaksne som manglar formell kompetanse startar i opplæring eller går tilbake til ei opplæring dei tidlegare ikkje har fullført. Opplæringa skal enklare kunne tilpassast ønskt sluttkompetanse for den einskilde, vere effektiv og kunne kombinerast med arbeid, også for dei som er på arbeidsmarknadstiltak eller i introduksjonsprogram for nykomne innvandrarar.
Ny opplæringslov, som tok til å gjelde i august 2024, inneber fleire endringar som gir vaksne utvida rettar til vidaregåande opplæring. Retten til vidaregåande opplæring er utvida til den einskilde har fullført og bestått med studie- eller yrkeskompetanse. Det er òg innført ein yrkesfagleg rekvalifiseringsrett som gir alle med studie- eller yrkeskompetanse moglegheit til å ta eit nytt fagbrev. Sjå omtale under programkategori 07.20 Grunnopplæringa.
Nye modulstrukturerte læreplanar blei tekne i bruk frå skuleåret 2024–25 for nivået under vidaregåande. Dette nivået, som tidlegare vart omtala som grunnskule for vaksne, har fått namnet Førebuande opplæring for vaksne (FOV) i den nye opplæringslova. I utvalde lærefag og i opplæring som er ein kombinasjon av førebuande vaksenopplæring og vidaregåande opplæring kan nye læreplanar takast i bruk frå skuleåret 2024–25, og dei skal takast i bruk frå skuleåret 2025–26. Departementet prioriterer midlar til tiltak for ei god implementering av modulstrukturert vaksenopplæring i forslaget til statsbudsjettet for 2025. Ei rekke tiltak blir sette i verk av Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) og Utdanningsdirektoratet (Udir). Det inkluderer til dømes rettleiing og kompetansepakkar for at lærarar og andre tilsette i kommunar og fylkeskommunar betre kan forstå korleis dei skal gi og organisere denne nye opplæringa med nye læreplanar særskilt utvikla for vaksne. Frå 2017 og ut våren 2024 blei det gjennomført eit forsøk med modulstrukturert opplæring for vaksne. Den nye opplæringa bygger vidare på erfaringane frå forsøket.
HK-dir og Udir har fått i oppdrag å greie ut og kartlegge fleire sider ved bruken av realkompetansevurdering og foreslå moglege tiltak for meir effektiv, einsarta og kvalitativt god realkompetansevurdering i vidaregåande opplæring for vaksne. I dette inngår rettleiing om organisering av arbeidet og metodar, og andre typar kompetansepakkar for fagpersonar som jobbar med realkompetansevurdering i kommunar og fylkeskommunar. Arbeidet med tiltaka held fram i 2025.
Betre samarbeid på tvers av sektorar for å få fleire i arbeid
Kunnskapsdepartementet samarbeider tett med Arbeids- og inkluderingsdepartementet om å kvalifisere fleire for arbeid. Mellom anna har Arbeids- og velferdsdirektoratet (AV-dir), Integrerings- og mangfoldsdirektoratet (IMDi) og HK-dir etablert eit nasjonalt nettverk mellom Arbeids- og velferdsetaten og fylkeskommunane som skal jobbe for at fleire ledige, permitterte og utsette grupper på arbeidsmarknaden skal fullføre vidaregåande opplæring og få varig tilknyting til arbeidslivet. Nettverket vil mellom anna samarbeide om å identifisere og spreie gode lokale modellar for karriererettleiing, realkompetansevurdering og opplæring.
Kap. 253 Folkehøgskular
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2023 | Saldert budsjett 2024 | Forslag 2025 |
70 | Tilskot til folkehøgskular | 1 073 870 | 1 109 529 | 1 151 691 |
71 | Tilskot til Folkehøgskolerådet | 5 814 | 6 055 | 6 285 |
72 | Tilskot til Nordiska folkhögskolan | 763 | 795 | 825 |
Sum kap. 253 | 1 080 447 | 1 116 379 | 1 158 801 |
Post 70 Tilskot til folkehøgskular
Folkehøgskular er eit skuleslag der den faglege, personlege og sosiale utviklinga til elevane står i sentrum. I dag er det 82 folkehøgskular fordelte på alle fylka i landet. Tilboda er hovudsakleg eittårige, og elevane bur på internat på skulen. Folkehøgskulane har fagleg og pedagogisk fridom og bestemmer sitt eige verdigrunnlag.
Folkehøgskuleutvalet la 31. oktober 2022 fram NOU 2022: 16 En folkehøgskole for alle – Vilkår for økt kvalitet og mangfold i folkehøgskolene. Utvalet har gått gjennom heile folkehøgskulesektoren, med hovudvekt på samfunnsoppdraget til folkehøgskulane, godkjenningsvilkår, finansieringssystemet og krav til kvalitet. Departementet sende forslag til endringar i folkehøgskulelova på høyring i juni 2024, med frist for innspel 20. oktober 2024. Målet med forslaga er å lage eit regelverk som kan ruste folkehøgskulane for framtida og legge til rette for betre kvalitet og mangfald i sektoren. Departementet tek sikte på å fremje eit lovforslag for Stortinget våren 2025.
Folkehøgskulane har samla sett opplevd ein nedgang i elevtalet dei siste åra. Særleg har einskilde av dei nyoppretta folkehøgskulane hatt få søkarar. Departementet vil i oppfølginga av NOU-en frå folkehøgskuleutvalet legge vekt på at folkehøgskulesektoren framover må basere seg på realistiske anslag for elevtalsutvikling. Høvet til å søke om godkjenning av nye folkehøgskular er mellombels stansa medan arbeidet med oppfølging av rapporten frå folkehøgskuleutvalet held på.
Mål for 2025
Målet med tilskotet er å fremje allmenndanning og folkeopplysning.
Resultat i 2023
Tabellen nedanfor viser utviklinga i talet på folkehøgskuleelevar frå 2020 til 2023. Etter at elevtalet ved folkehøgskulane auka fram mot 2019, har talet på elevar gått ned dei siste åra. I 2023 var det 6 947 elevar på folkehøgskulane som utløyste tilskot. Av eit årskull er det ein av ti som går på folkehøgskule. Elevtalet på kortvarige kurs auka med 22 pst. frå året før, men er framleis lågt samanlikna med tidlegare år. Årsaka til det låge elevtalet på kortkurs er i hovudsak den endra forskrifta til folkehøgskulelova frå 2021, som førte til at berre eit fåtal av kortkursa gir rett til statstilskot. I 2022 la Jeløy folkehøgskole ned drifta. Ringsaker folkehøgskole la ned drifta frå hausten 2023. Øyrekka folkehøgskole la ned drifta sommaren 2024.
Elevtalet på folkehøgskulane har variert over åra, og om ein ser på tala for elevar som utløyste tilskot for rundt ti år sidan, var også dei klart lågare enn i toppåret i 2019 (8 272 årselevar).
Tabell 4.21 Elevtal i folkehøgskulane 2020–2023
2020 | 2021 | 2022 | 2023 | |
---|---|---|---|---|
Årselevar langkurs (16,5–33 veker) | 7 703 | 7 469 | 7 262 | 6 797 |
Årselevar kortkurs (2–94 dagar) | 227 | 51 | 123 | 150 |
Sum årselevar1 | 7 930 | 7 520 | 7 385 | 6 947 |
1 Sum årselevar er det samla talet teljande heiltidselevar per kalenderår. Tala er korrigerte for dobbeltteljande elevar og det maksimale elevtalet til skulane. Tala er også korrigerte med ein omrekningsfaktor.
Kjelde: Utdanningsdirektoratet
Budsjettforslag for 2025
Departementet foreslår å løyve 1 151,7 mill. kroner på posten.
Post 71 Tilskot til Folkehøgskolerådet
Folkehøgskolerådet er ein interesseorganisasjon for folkehøgskulane. Rådet har eit fast sekretariat. Folkehøgskolerådet tek hand om fellesoppgåver for folkehøgskulane og koordineringsoppgåver for Utdanningsdirektoratet.
Mål for 2025
Folkehøgskolerådet skal fremje kunnskap om og utvikling av folkehøgskulane.
Resultat i 2023
Det blei gitt eit tilskot på 5,8 mill. kroner til Folkehøgskolerådet i 2023. Rådet hadde fellesoppgåver for folkehøgskulane og koordineringsoppgåver for Utdanningsdirektoratet. Folkehøgskolerådet fremjar utvikling av folkehøgskulane mellom anna gjennom eit godt samarbeid med departementet og andre offentlege aktørar.
Budsjettforslag for 2025
Departementet foreslår å løyve 6,3 mill. kroner på posten.
Post 72 Tilskot til Nordiska folkhögskolan
Nordiska folkhögskolan i Kungälv blei etablert i 1947 for å fremje demokratiske verdiar og styrke samhaldet i Norden.
Mål for 2025
Tilskotet skal bidra til å drifte nordisk folkehøgskuleverksemd.
Resultat i 2023
Det blei gitt eit tilskot på 763 000 kroner til skulen i 2023 for å støtte drifta av Nordiska folkhögskolan, inkludert utgifter til norske gjestelærarar. Etter fleire år med pandemi og låg rekruttering av elevar utanfor Sverige har skulen i 2023 hatt fleire elevar og lærarar frå andre nordiske land.
Budsjettforslag for 2025
Departementet foreslår å løyve 0,8 mill. kroner på posten.
Kap. 254 Studieforbund o.a.
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2023 | Saldert budsjett 2024 | Forslag 2025 |
70 | Tilskot til studieforbund | 74 272 | 73 312 | 73 312 |
73 | Tilskot til vaksenopplæringsorganisasjonar | 3 592 | 1 871 | 2 484 |
Sum kap. 254 | 77 864 | 75 183 | 75 796 |
Post 70 Tilskot til studieforbund
Tilskotet bidreg til å finansiere opplæring i regi av frivillig sektor og skal redusere opplæringskostnadene for deltakarane.
Frå og med 2021 har Akademisk Studieforbund, Studieforbundet AOF Norge, Studieforbundet Livslang Læring og Studieforbundet næring og samfunn fått tilskot over budsjettet til Kunnskapsdepartementet, medan dei andre ti studieforbunda får tilskot over budsjettet til Kultur- og likestillingsdepartementet. Tilskotsordninga skal evaluerast innan utgangen av 2025.
Studieforbunda som får tilskot under Kunnskapsdepartementet tilbyr kurs retta mot kompetanseheving i og for arbeidslivet, mellom anna sertifiseringskurs for ingeniørar og helsepersonell, men òg kurs for primærnæringane, fagforbund og humanitære organisasjonar.
Ein mindre del av tilskotet kan nyttast til å refundere kostnader til opplæring i samisk språk som blir gjennomført av godkjende studieforbund eller nettskular, jf. forskrift til samelova om rett til opplæring i samisk.
Sommaren 2024 gjekk studieforbundet AOF Norge konkurs. Delar av verksemda er overteken av Akademiet Utdanning AS og LO, men det er framleis uavklart kven som eventuelt overtek den delen av verksemda som fekk tilskot over kap. 254, post 70. Departementet foreslår derfor å vidareføre tilskotet i 2025, på same nivå som i 2024. Dermed kan eit nytt studieforbund få tilskot utan at det går utover dei tre andre studieforbunda. Departementet vil kome tilbake med ein ny vurdering i samband med revidert nasjonalbudsjett for 2025.
Mål for 2025
Målet med tilskotet er at vaksne skal få tilgang til fleksibel og brukartilpassa opplæring utanfor det formelle utdanningssystemet, jf. lov om vaksenopplæring § 1. Tilskotet skal bidra til å redusere utanforskap og fremje inkludering.
Resultat i 2023
Aktiviteten i dei fire studieforbunda var lågare enn vanleg under covid-19-pandemien. Frå 2022 til 2023 var det ein auke i aktiviteten på 7 pst., men aktiviteten målt som tal på kurstimar var framleis monaleg lågare enn i 2019, jf. tabellen under. Studieforbundet Livslang Læring rapporterte om flest studietimar i 2023. I 2023 var det flest deltakarar på kurs innanfor organisasjons- og leiingsfag (35,6 pst.), estetiske fag og handverksfag (25,4 pst.), og realfag, industri og tekniske fag (15 pst.). Studieforbunda rapporterer at pandemien har ført til meir digitalisering og bruk av hybride løysingar i undervisninga.
Tabell 4.22 Aktivitet og deltaking i studieforbunda 2018–2023
2018 | 2019 | 2020 | 2021 | 2022 | 2023 | |
---|---|---|---|---|---|---|
Deltakarar | 194 280 | 185 147 | 149 596 | 167 265 | 179 926 | 199 725 |
Kurs | 12 301 | 11 579 | 9 181 | 8 687 | 9 879 | 10 455 |
Kurstimar | 403 865 | 386 296 | 268 759 | 231 516 | 263 715 | 282 446 |
Kjelde: Statistisk sentralbyrå
Budsjettforslag for 2025
Departementet foreslår å løyve 73,3 mill. kroner på posten, og det er ei nominell vidareføring av løyvinga for 2024.
Post 73 Tilskot til vaksenopplæringsorganisasjonar
Fleksibel utdanning Norge (FuN) er fellesorgan og interesseorganisasjon for dei offentleg godkjende nettskulane og andre institusjonar på feltet fleksibel utdanning og digitale læringsformer.
Mål for 2025
FuN skal arbeide for meir kunnskap om og utvikling av fleksibel og nettbasert utdanning som blir gitt gjennom medlemsorganisasjonane. Dette inkluderer òg fellesoppgåver for nettskular og medlemsorganisasjonar.
Resultat i 2023
I 2023 har FuN mellom anna utvikla ein ny og heildigital rettleiar og drive utviklingsarbeid i eksterne nettverk som nasjonalt fagskuleråd, EDEN – European Distance and E-learning Network og det nordiske nettverket NordFlexOn.
Budsjettforslag for 2025
I statsbudsjettet for 2024 varsla departementet at tilskotet til Fleksibel utdanning Norge skulle avviklast over to år. Tilskotet blei avvikla med halvårseffekt i 2024-budsjettet.
Etter å ha vurdert saka på nytt har departementet kome fram til at tilskotet bør vidareførast. Fleksibel og digital utdanning er i rask utvikling, og Fleksibel utdanning Norge kan bidra til å utvikle feltet. Departementet foreslår derfor å auke løyvinga med 0,6 mill. kroner, som inneber at løyvinga til FuN blir 2,5 mill. kroner i 2025.
Kap. 256 Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2023 | Saldert budsjett 2024 | Forslag 2025 |
01 | Driftsutgifter | 456 293 | 452 817 | 501 230 |
21 | Særskilde driftsutgifter | 27 663 | 14 022 | 24 424 |
Sum kap. 256 | 483 956 | 466 839 | 525 654 |
Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) har eit heilskapleg ansvar innanfor sitt sektorområde. Sektorområdet er all opplæring og utdanning retta mot vaksne på kompetansefeltet, i grunnopplæringa, norsk og samfunnskunnskap for innvandrarar, høgare yrkesfagleg utdanning og høgare utdanning. På nokre område, som internasjonalisering og karriererettleiing, har direktoratet breiare verkeområde. Direktoratet har nasjonalt, tverrsektorielt systemansvar for karriererettleiing, og pådrivar- og samordningsansvar for deling av data og fellestenester innanfor forsking. HK-dir har òg ansvar for godkjenning av utanlandsk utdanning.
Løyvingane over kap. 256 finansierer ordinære driftsoppgåver i HK-dir. I tillegg kjem oppgåver som direktoratet har ansvar for, men som blir finansierte over andre budsjettkapittel. HK-dir har ansvaret for å forvalte tilskotsordningar og tiltak under kap. 225, 240, 241, 254, 257, 258, 270 og 272 og ordningar under budsjetta til Arbeids- og inkluderingsdepartementet, Kultur- og likestillingsdepartementet og Kommunal- og distriktsdepartementet.
Post 01 Driftsutgifter
Mål for 2025
Gjennom følgande mål skal Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse arbeide for eit berekraftig og omstillingsdyktig samfunn:
Utdanningsinstitusjonar og opplæringstilbydarar har tilbod av høg kvalitet.
Den einskilde har god kunnskap om og tilgang til utdanning, karriererettleiing og livslang læring.
Dokumentasjon av utdanning, kompetanse og kvalifikasjonar gir den einskilde tilgang til utdanning og arbeid.
Kompetansepolitikken er godt samordna og stimulerer til kompetanseutvikling og samarbeid mellom arbeidsliv og utdanning.
Styresmakter, institusjonar og aktørane i arbeidslivet har eit godt kunnskapsgrunnlag for avgjerdene sine om utdanning, forsking og kompetanseutvikling.
Resultat i 2023
Utdanningsinstitusjonar og opplæringstilbydarar har tilbod av høg kvalitet
HK-dirs forvaltning av ulike tilskotsordningar har bidrege til at ordningane har gitt positive resultat på viktige mål, som å utvikle kvalitet i utdanningane, særleg profesjonsutdanningane, og å utvikle framifrå fagmiljø. Andre positive verknader av tilskotsordningane er arbeidslivsrelevans, meir og betre praksis i arbeidslivet, digitalisering, aktiv involvering av studentar i utdanningane, mindre fråfall og meir tilgjengeleg utdanning. Sjå omtale under kap. 272.
HK-dir er det nasjonale programkontoret for internasjonalt utdannings- og opplæringssamarbeid. I 2023 har direktoratet arbeidd vidare med å følge opp Meld. St. 7 (2020–2021) En verden av muligheter med ei rekke tiltak mellom anna for betre informasjon til studentar og for å skape ein kultur for utveksling ved utdanningsinstitusjonane. Talet på utvekslingsstudentar gjekk ytterlegare opp i 2023. HK-dir ligg også godt an til å nå måla for mobilitet i grunnopplæringa for Erasmus+-programperioden 2021–2027.
Direktoratet har sekretariatsansvaret for digitaliseringsstyret, som har vedteke langtidsplan for felles tenester. HK-dir gjennomførte òg ei første tilstandskartlegging av universitets- og høgskulesektoren sitt arbeid med digital omstilling og har begynt å følge opp resultata.
Den einskilde har god kunnskap om og tilgang til utdanning, karriererettleiing og livslang læring
I 2023 samarbeidde Samordna opptak i HK-dir med Sikt om å modernisere systema for opptak, i prosjektet Framtidas opptak. HK-dir jobba òg med å fremje bruken av realkompetansevurdering i vidareutdanningar, og publiserte ein rapport om realkompetansevurdering i bransjeprogrammet.
Direktoratet lyste ut ein konkurranse om å etablere eit nasjonalt digitalt tilbod om norskopplæring for flyktningar, som kommunane no har kunna nytte sidan våren 2024. Kompetansepakkane til læreplanane i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar blir brukte av blant andre leiarar og lærarar og hadde 42 500 sidevisningar i 2023. Direktoratet utvikla òg nye kompetansepakkar i samarbeid med IMDi.
Bruken av HK-dirs tenester, som utdanning.no og karriereveiledning.no, var høg også i 2023 og brukarundersøkingar viste at målgruppene var nøgde med tenestene. Nettsida jobbkartet.no, som gir informasjon om utviklinga i 300 yrke, blei lansert. Direktoratet heldt fram med å utvikle karriererettleiingstenestene vidare.
Forvaltninga i HK-dir av ulike tilskotsordningar bidreg til målet, sjå omtale under kap. 257 og kap. 258.
Dokumentasjon av utdanning, kompetanse og kvalifikasjonar gir den einskilde tilgang til utdanning og arbeid
Det er levert stabile gjennomføringar av prøvar i norsk og samfunnskunnskap til målgruppene i 2023. Det blei avlagt over 74 000 delprøvar i norsk, 22 pst. fleire enn i 2022. HK-dir inngjekk avtale med leverandør av ny prøveteneste for prøvar i norsk og samfunnskunnskap og statsborgarprøven frå 2025. Prøven i samfunnskunnskap og statsborgarprøven blei oppdaterte. Talet på avlagde statsborgarprøvar gjekk ned med 29 pst., som er naturleg etter den store auken i 2020 og 2021, hovudsakleg på grunn av innføringa av dobbelt statsborgarskap i Noreg i 2020.
I 2023 overtok HK-dir ansvaret for godkjenning av utanlandsk utdanning og yrkeskvalifikasjonar frå NOKUT. Det var ei vellukka overføring av oppgåvene og direktoratet behandla om lag like mange søknader som året før. Samstundes har ein kraftig vekst i talet på søknader vore utfordrande, og saksbehandlingstida har auka. Direktoratet meiner det blir viktig framover å vidareutvikle informasjonstenestene deira slik at einskildpersonar og arbeidsgivarar kan få svar utan å måtte gå gjennom ein individuell søknadsprosess. I tillegg utvida direktoratet ordninga med automatisk godkjenning av kvalifikasjonar frå 10 nye land, til totalt 150 kvalifikasjonar frå 41 land.
Direktoratet fremja bruken av realkompetansevurdering på fleire måtar. Dei kartla praksisar for å vurdere realkompetanse i fylkeskommunane og vil følge opp utgreiinga vidare. Direktoratet finansierer eit vidareutdanningstilbod i realkompetansevurdering ved OsloMet som 37 studentar fullførte.
Saman med KS, NHO og LO utarbeidde HK-dir ein kampanje for å inspirere og rettleie arbeidsgivarar i å rekruttere flyktningar og legge til rette for språkopplæring. Kampanjen blei lansert i 2024.
Kompetansepolitikken er godt samordna og stimulerer til kompetanseutvikling og samarbeid mellom arbeidsliv og utdanning
HK-dir deltek på fleire arenaer for samarbeid, som i Kompetansepolitisk råd og i eit samarbeidsorgan i treparts bransjeprogram. HK-dir har gjennom samarbeid, oppfølging av prosjekt, kunnskapsutvikling, rådgiving og formidling bidrege til å styrke arbeidet til fylkeskommunane med regional kompetansepolitikk og tiltak som bidreg til at fleire vaksne får auka kompetansen sin.
HK-dir har forvalta Kompetansepilotar retta mot fylkeskommunane på oppdrag frå Kommunal- og distriktsdepartementet. Ordninga blei avslutta i 2023. Ho har vore viktig for å utvikle fleire av dei kompetansepolitiske fylkesstrategiane og har gitt ei sterkare kopling mellom utdanningstilbydarar og næringslivet i regionen.
Arbeidsinnvandrarutvalet tilrådde i NOU 2022: 18 å betre integreringa av arbeidsinnvandrarar. HK-dir har greidd ut tilpassa tilbod om opplæring i norsk og samfunnskunnskap og vurdert korleis ein kan innføre rett til undervisning i dette for arbeidsinnvandrarar.
Direktoratet har bidrege i fleire felles oppdrag for å integrere flyktningar i arbeidsmarknaden og har samarbeidd med IMDi, Nav, Helsedirektoratet og Udir. Direktoratet hadde også godt samarbeid med Nav og IMDi om opplæringstenester for ledige og utsette grupper. I 2023 blei det starta fleirårige forsøk med samarbeidsmodellar med Nav og fylkeskommunar, og Nav-rettleiarar i fleire fylke opplever positive verknader.
Direktoratet har også arbeidd med kompetanseheving for karriererettleiarar for flyktningar og innvandrarar. Dette gjer at dei som mottek rettleiing, får eit betre grunnlag for å gjere val om arbeid og utdanning og kan få meir ut av introduksjonsprogrammet. Mellom anna har HK-dir gitt Universitetet i Søraust-Noreg i oppdrag å gjennomføre eit kompetansehevingsprogram for karriererettleiarar frå fylkeskommunane og lærarar frå kommunane i skuleåret 2023–24.
Styresmakter, institusjonar og aktørane i arbeidslivet har eit godt kunnskapsgrunnlag for avgjerdene sine om utdanning, forsking og kompetanseutvikling
Direktoratet har utarbeidd eit breitt kunnskapsgrunnlag innanfor dei ulike ansvarsområda sine, og dei har hatt fleire mediesaker, førespurnader om å presentere arbeidet og nettsidevisningar i 2023 enn året før.
Direktoratet publiserer mellom anna årlege tilstandsrapportar om høgare utdanning og høgare yrkesfagleg utdanning. Direktoratet har også innhenta kunnskap om karriererettleiingsfeltet, som dei har brukt til å vidareutvikle tiltak.
Kompetansebehovsutvalet er ført vidare i perioden 2021–2027 med HK-dir som sekretariat. Utvalet leverte i 2023 temarapporten Fremtidige kompetansebehov: Utfordringer for grønn omstilling i arbeidslivet.
Direktoratet kartla kva for kunnskap universiteta og høgskulane treng i arbeidet med dimensjonering, og skal følge opp dette.
Direktoratet arbeider for å gjere data meir tilgjengelege for gjenbruk i kunnskapssektoren gjennom programmet Kunnskapssektorens datafellesskap (KUDAF). På nettsida Database for statistikk om høgare utdanning (DBH) og høgare yrkesfagleg utdanning (DBH-F) publiserer HK-dir statistikk som blir brukt av mange ulike aktørar. Nettsidene blei forbetra i 2023. Direktoratet forvaltar også Kanalregistera, som er viktige for forskingskvalitet og publisering.
Direktoratet har utarbeidd kunnskap om effektane av internasjonalisering, internasjonalt samarbeid og utveksling på fleire utdanningsnivå. Saman med Forskingsrådet har direktoratet utvikla retningslinjer for ansvarleg internasjonalt samarbeid.
I 2023 leverte det nye fagmiljøet for tryggleik og beredskap den første tilstandsrapporten om arbeidet med tryggleik og beredskap i UH-sektoren. HK-dir har identifisert mangelfull heilskapleg styring på verksemdnivå som scenarioet med høgast risiko. HK-dir har òg foreslått ei rekke risikoreduserande tiltak.
HK-dir kartlegg årleg etterlevinga av Policy for informasjonstryggleik og personvern hos dei 28 universiteta, høgskulane og forvaltningsorgana som er underlagde styringsmodellen for informasjonstryggleik og personvern. Den positive trenden held fram i sektoren, med færre informasjonstryggleikshendingar og færre hendingar som blir kategoriserte som alvorlege. Talet på personvernhendingar har gått opp i 2023. Samstundes viser kartlegginga i 2023 at arbeidet med forbetring går saktare enn tidlegare.
Budsjettforslag for 2025
Departementet foreslår å løyve 501,2 mill. kroner på post 01.
Departementet foreslår å samle løyvingar til drift av verksemda i HK-dir på driftspostane som inneber ein samla auke på 32,3 mill. kroner. Forslaget omfattar å flytte 4,9 mill. kroner frå kap. 257, post 21, 20 mill. kroner frå kap. 258, post 21 og 4,3 mill. kroner frå kap. 275, post 21. I tillegg omfattar forslaget ei styrking av driftsløyvinga på 3,2 mill. kroner som følge av ei utviding av ansvarsområdet til HK-dir. Frå og med 2024 er sekretariatsoppgåva i styringssystemet Nasjonale retningslinjer for helse- og sosialfagutdanningane (RETHOS) overført frå Kunnskapsdepartementet til direktoratet. Frå og med 2025 blir oppgåvene med å kontrollere om underliggande verksemder i forskings- og høgare utdanningssektoren etterlever krava til tryggleik og beredskap flytta frå NOKUT til HK-dir. Det same gjeld ansvaret for studiebarometera for høgare utdanning, høgare yrkesfagleg utdanning og undervisarundersøkingane. Departementet vidarefører løyvinga på 2 mill. kroner frå 2024 til arbeidet med godkjenning av utanlandsk utdanning til og med 2026.
Departementet viser til at HK-dir har ansvaret for Samordna opptak og er fagleg rådgivar for departementet i saker som gjeld opptak til høgare utdanning og høgare yrkesfagleg utdanning. Departementet viser til initiativ frå fleire institusjonar om å utvikle eit felles nasjonalt samordna masteropptak. HK-dir kjem tilbake til departementet med faglege tilrådingar om korleis initiativet kan gjennomførast.
Departementet foreslår at løyvinga på kap. 256, post 01 kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3256, post 02, jf. forslag til vedtak II nr. 1.
Post 21 Særskilde driftsutgifter
Løyvinga over post 21 skal dekke særskilde driftsutgifter, og utgifter til oppdragsverksemd og prosjektarbeid. Løyvinga inkluderer midlar til prosjekt om universell utforming av digitalt utstyr, digitale tenester og læringsformer ved universitet og høgskular.
Resultat i 2023
Det blei i 2023 ført ei meirutgift på kap. 256, post 21 på 7,9 mill. kroner, som blir dekt av meirinntekta på kap. 3256, post 01, jf. meirinntektsfullmakta.
Budsjettforslag for 2025
Departementet foreslår å løyve 24,4 mill. kroner på posten.
Departementet foreslår å samle løyvingar til drift av verksemd i HK-dir på driftspostane til HK-dir. Løyvingsforslaget omfattar derfor å flytte til saman 7 mill. kroner til kap. 256, post 21, mot ein reduksjon på 3,2 mill. kroner på kap. 275, post 21 og 3,8 mill. kroner på kap. 241, post 21.
Departementet foreslår at løyvinga på kap. 256, post 21 kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3256, post 01, jf. forslag til vedtak II nr. 2.
Kap. 3256 Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2023 | Saldert budsjett 2024 | Forslag 2025 |
01 | Inntekter frå oppdrag | 20 913 | 1 721 | 6 939 |
02 | Inntekter frå refusjonar o.a. | 37 680 | 29 345 | 34 816 |
Sum kap. 3256 | 58 593 | 31 066 | 41 755 |
Inntektene på post 01 gjeld oppdragsverksemd for Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir). Inntektene på post 02 gjeld hovudsakleg refusjon av kostnader til administrasjon av Erasmus+, EU og Nordisk ministerråd.
Resultat 2023
HK-dir hadde meirinntekter på 9,2 mill. kroner på post 01 og mindreinntekter på 5 mill. kroner på post 02 samanlikna med inntektsløyvinga.
Budsjettforslag 2025
HK-dir reknar med å ha høgare inntekter frå oppdrag og refusjonar enn det som ligg til grunn for inntektsløyvinga, og departementet foreslår å oppjustere inntektsløyvinga på kap. 3256, post 01 med 5,2 mill. kroner og post 02 med 4,4 mill. kroner. Høgare inntektsløyving blir motsvart av tilsvarande oppjustering av utgiftsløyvinga på kap. 256, post 01 og post 21.
Kap. 257 Kompetanseprogrammet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2023 | Saldert budsjett 2024 | Forslag 2025 |
21 | Særskilde driftsutgifter | 6 839 | 7 898 | |
70 | Tilskot, kan overførast | 217 031 | 202 910 | 217 910 |
Sum kap. 257 | 223 870 | 210 808 | 217 910 |
Kompetanseprogrammet omfattar ulike tiltak for kompetanseutvikling i arbeidslivet. Programområda i Kompetanseprogrammet er:
treparts bransjeprogram for kompetanseutvikling
utprøvingar av insentivordningar for livslang læring
Kompetansepluss
Treparts bransjeprogram for kompetanseutvikling
Treparts bransjeprogram er eit samarbeid mellom staten og partane i arbeidslivet. Målet med bransjeprogramma er at fleire skal delta på kurs og i vidareutdanning i dei bransjane som til kvar tid inngår i ordninga. Permitterte og ledige kan òg delta i kompetanseutvikling innanfor bransjeprogramma. Ordninga skal bidra til at bransjane får tilgang til relevant kompetanseutvikling.
Utprøvingar av insentivordningar for livslang læring
Kompetanseprogrammet legg til rette for å prøve ut ulike insentivordningar for å auke etterspurnaden etter livslang læring. Eit forsøk med vidareutdanningsstipend for fagarbeidarar starta opp i 2021 og gjekk over to år. Sluttrapporten frå forsøket kom i januar 2024.
Kompetansepluss
Kompetansepluss er ei tilskotsordning for opplæring i grunnleggande ferdigheiter i lesing og skriving, rekning, IKT, munnlege ferdigheiter og norsk eller samisk, slik at deltakarane får styrkt moglegheitene sine til å delta i arbeids- og samfunnslivet.
Post 21 Særskilde driftsutgifter, og post 70 Tilskot, kan overførast
Post 21 har mellom anna finansiert utgifter til forsking på forsøket med vidareutdanningsstipend for fagarbeidarar og administrasjon av Kompetanseprogrammet i HK-dir, særleg arbeidet med bransjeprogramma. Post 70 finansierer sjølve programmet.
Mål for 2025
Fleire lærer heile livet, slik at dei kan stå lenger i arbeid.
Resultat i 2023
Treparts bransjeprogram for kompetanseutvikling
Det var totalt fem bransjeprogram i 2023. Det blei gitt tilsegn på om lag 89 mill. kroner til 63 kurs og utdanningstilbod i desse bransjeprogramma. På grunn av stor etterspurnad har mange av utdanningstilboda i bransjeprogramma blitt gjennomførte fleire gongar. I 2023 er det gitt tilsegn til 8 256 deltakarplassar med oppstart i 2023 og 2024. Fafos evaluering av bransjeprogramma viser gode resultat og at samarbeidet mellom partane i bransjeprogrammet har fungert etter siktemålet. Alle bransjeprogram ser ut til å ha samsvart med behova i bransjane og har treft målgruppa på ein god måte.
Kompetansepluss
I Kompetansepluss-utlysinga for 2023 prioriterte HK-dir søknader om kurs i grunnleggande rekneferdigheiter. I 2023 blei det tildelt totalt 124,7 mill. kroner til ordningane Kompetansepluss arbeid, Kompetansepluss frivilligheit og Kompetansepluss fagopplæring.
Utprøvingar av insentivordningar for livslang læring
Det er gjennomført eit forsøk med vidareutdanningsstipend for fagarbeidarar, for å teste om insentiv med meir stipend auka deltakinga i vidareutdanning. Rapporten frå forsøket blei lansert i januar 2024. I forsøket har fagarbeidarar enten fått tilbod om eit ekstra stipend for å ta utdanning, eller dei har fått e-post og SMS med informasjon om at dei kan ta vidareutdanning, og lenker til dei generelle utdanningsstøtteordningane og informasjon på utdanning.no. I tillegg var det ei kontrollgruppe som verken fekk informasjon eller tilbod om stipend.
Forsøket viste at den estimerte effekten av stipendet som blei tilbode, auka sannsynet for deltaking i vidareutdanning med 12 pst. Effekten av informasjon var også god. Det er for tidleg å seie noko om fleire har fullført utdanninga, men forsøket har vist at økonomiske insentiv og informasjon har effekt på opptak til studiar.
Budsjettforslag for 2025
Departementet vil samle midlar til drift i HK-dir på driftsløyvinga til HK-dir under kap. 256. Som en følge av dette foreslår departementet å flytte 4,9 mill. kroner frå post 21 til kap. 256, post 01. Departementet foreslår òg å flytte 3,3 mill. kroner frå post 21 til kap. 258, post 21, for å samle midlar til utviklingstiltak for livslang læring på denne posten.
Departementet foreslår å løyve 217,9 mill. kroner på post 70. Departementet vil vidareføre programområda i Kompetanseprogrammet. HK-dir kan prioritere mellom programområda etter kva slags behov som er viktigast.
Bransjeprogramma for jordbruks-, skogbruks- og gartnerinæringa og avfalls- og gjenvinningsbransjen skal fasast ut ved utgangen av 2024. Som ei oppfølging av frontfagoppgjeret for 2024 foreslår departementet å vidareføre bransjeprogrammet for industri- og byggenæringa for tre nye år, frå 2025 til og med 2027. Departementet foreslår å auke løyvinga med 15 mill. kroner som følge av dette.
Departementet vil etablere to nye bransjeprogram – eitt for helse- og omsorgssektoren og eitt for solkraftbransjen. Programma vil etter planen starte opp i 2024, med første tildeling i 2025.
Kap. 258 Tiltak for livslang læring
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2023 | Saldert budsjett 2024 | Forslag 2025 |
21 | Særskilde driftsutgifter, kan overførast | 104 567 | 112 836 | 74 329 |
Sum kap. 258 | 104 567 | 112 836 | 74 329 |
Post 21 Særskilde driftsutgifter, kan overførast
Løyvinga finansierer tiltak innanfor kompetansepolitikken, inkludert grunnopplæring for vaksne. Størstedelen av løyvinga blir tildelt Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir).
Løyvinga på posten kan òg bli nytta til å drifte tidsavgrensa arbeid i utval, departement og direktorat og til tilskot til aktørar som blir involverte i kompetansepolitikk og vaksenopplæring.
Mål for 2025
Fleire lærer heile livet, slik at dei kan stå lenger i arbeid.
Resultat i 2023
Rapporteringa nedanfor gjeld dei største tiltaka som det er tildelt midlar til over posten i 2023. I tillegg blei det utbetalt midlar til tiltak i Kompetanseprogrammet over posten i 2023, sjå kap. 257, post 70.
Forsøk med modulstrukturert opplæring for vaksne
Modulforsøket består av tre delar og blir gjennomført i 41 kommunar og fem fylkeskommunar. Forsøk med førebuande vaksenopplæring (opplæring på grunnskulenivå for vaksne) hadde 2 900 deltakarar i skuleåret 2022–23. Deltakarane utgjorde om lag ein tredel av alle vaksne i opplæring på nivået under vidaregåande. I forsøket med modulstrukturert fag- og yrkesopplæring var det 490 deltakarar. Det var deltakarar i alle dei 13 lærefaga, og flest i helsefagarbeidarfaget. Kombinasjonsforsøket gir vaksne høve til å kombinere opplæring i førebuande vaksenopplæring med modulstrukturert fag- og yrkesopplæring. Det var 50 deltakarar i skuleåret 2022–23.
Evalueringa av forsøket viser at deltakarane utgjer ei svært samansett gruppe. Forsøket har lagt til rette for auka deltaking i formell opplæring, og fleire får opplæring som ein del av introduksjonsprogrammet. Deltakarane har fått betre, meir relevante og tilpassa opplæringsløp og bruker kortare tid. Erfaringar frå forsøka er sentralt i arbeidet med å utvikle læreplanar, vurderingsordningar og -uttrykk, og å førebu innføring av modulstrukturert opplæring som hovudmodell for vaksne frå hausten 2024. Resultat- og effektevaluering av forsøket vil halde fram til 2026.
Nasjonalt digital karriererettleiingsteneste og nasjonalt kvalitetsrammeverk
Den nasjonale digitale karriererettleiingstenesta karriereveiledning.no består av ein nettstad med informasjon og tilgang til profesjonell rettleiing via chat og telefon. Tenesta får gode tilbakemeldingar frå brukarane. Tenesta leverte i 2023 karriererettleiing via chat og telefon til 14 000 personar. I tillegg var det nær 5 000 deltakarar på nettseminar og nettmøte.
HK-dir har det nasjonale systemansvaret for offentleg karriererettleiing for unge og vaksne og forvaltar nasjonalt kvalitetsrammeverk for karriererettleiing på tvers av alle sektorar. Det vart gitt midlar til utvikling av rammeverket over posten i 2023. Kvalitetsrammeverket skal støtte arbeidet med å utvikle kvalitet i karriererettleiinga, og brukarundersøkingar viser at brukarane opplever kvalitetsrammeverket som svært nyttig.
Kompetanseutvikling for lærarar i vaksenopplæringa
I samarbeid med opplæringssentera i kommunar og fylke, og universitet og høgskular fordelte statsforvaltarane i 2023 midlar til etterutdanning av lærarar som underviser vaksne etter integreringslova og opplæringslova.
Digitale verktøy og informasjon for vaksne som ønsker å ta fagbrev
I 2023 blei digitale verktøy for vaksne som ønsker å ta fagbrev vidareutvikla med mellom anna kartlegging og brukarforankring av behov for digitale tenester. Planlegging av digitale tenester og innhald i samband med fullføringsreforma og modulstrukturert fag- og yrkesopplæring blei òg gjennomført. Desse tenestene blir i hovudsak lanserte i 2024.
Samarbeid om gode opplæringstenester for ledige og utsette grupper
I 2023 har HK-dir vidareført samarbeidet med AV-dir og IMDi om å utvikle effektive og gode opplæringstenester for ledige og utsette grupper på arbeidsmarknaden. Det blei mellom anna sett i gang fleirårige forsøk med samarbeidsmodellar med Nav og fylkeskommunar. Det er for tidleg å seie noko om resultata av forsøka, men dei har fått gode tilbakemeldingar frå deltakarane.
Budsjettforslag for 2025
Departementet foreslår å løyve 74,3 mill. kroner på posten.
Departementet vil samle midlar til drift i HK-dir på driftsløyvinga til HK-dir under kap. 256. Som følge av dette foreslår departementet å flytte 20 mill. kroner frå posten til kap. 256, post 01. Ein stor del av midlane har gått til å administrere modulforsøket for vaksenopplæring og arbeid med innføringa av modulstrukturering som hovudmodell for grunnopplæring for vaksne.
Departementet foreslår òg å flytte 3,3 mill. kroner frå kap. 257, post 21 til posten, for å samle midlar til utviklingstiltak for livslang læring på kap. 258, post 21.
Vidare foreslår departementet å redusere løyvinga med 26,1 mill. kroner for å skape rom for andre tiltak. Reduksjonen har samanheng med at modulforsøket for vaksenopplæringa vart avslutta sommaren 2024, og at det partssamansette utvalet for kompetansereforma blir avslutta i desember i år. Drifta av utvalet er finansiert over posten.
Under er dei største tiltaka som vil bli finansierte av løyvinga på posten, omtala.
Om lag 18,5 mill. kroner skal gå til modulstrukturert opplæring for vaksne. Det omfattar ei overgangsordning for forsøket med modulstrukturert vaksenopplæring for at deltakarane i forsøket kan fullføre opplæringa. Hovuddelen av midlane skal gå til ei god innføring av modulstrukturering som hovudmodell i grunnopplæringa for vaksne.
Departementet vil setje av 7 mill. kroner til tilskot til fylkeskommunar i samband med drifta av den nasjonale digitale karriererettleiingstenesta karriereveiledning.no. Tilskotet er redusert med 5,5 mill. kroner i høve til 2024. Midlane blir foreslått flytta til kap. 256, post 01 som ein del av omlegginga av finansieringa av tenesta, der miljøet i Tromsø blir styrkt i takt med at samarbeidsavtalane med fylkeskommunane som har bidrege til drifta, blir utfasa.
Departementet vil setje av midlar til samarbeidet mellom AV-dir, IMDi og HK-dir for at fleire ledige, permitterte og utsette grupper på arbeidsmarknaden skal fullføre vidaregåande opplæring og få varig tilknyting til arbeidslivet. Det omfattar digitale verktøy for vaksne som ønsker å ta fagutdanning.
Departementet vil setja av 3,7 mill. kroner til forsking knytt til PIAAC. PIAAC er ei internasjonal undersøking av ferdigheitene til vaksne.
Løyvinga vil òg finansiere ei rekke andre tiltak, som kompetanseutvikling for lærarar i vaksenopplæringa, utgifter til kvalitetsrammeverk for karriererettleiing og til drift av Kompetansebehovsutvalet. Departementet vil ved behov omdisponere midlar mellom dei ulike satsingane på posten.
Programkategori 07.60 Høgare utdanning og forsking
Utgifter under programkategori 07.60 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2023 | Saldert budsjett 2024 | Forslag 2025 | Endring i pst. |
260 | Universitet og høgskular | 43 798 449 | 45 354 672 | 46 445 499 | 2,4 |
270 | Studentvelferd | 823 056 | 720 909 | 650 837 | –9,7 |
271 | Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga | 133 767 | 125 791 | 139 530 | 10,9 |
272 | Tiltak for internasjonalisering og høgare utdanning | 686 287 | 405 517 | 329 637 | –18,7 |
273 | Kunnskapssektorens tenesteleverandør – Sikt | 425 635 | 442 769 | 4,0 | |
274 | Universitetssenteret på Svalbard | 161 645 | 168 386 | 184 099 | 9,3 |
275 | Tiltak for høgare utdanning og forsking | 264 376 | 142 627 | 129 058 | –9,5 |
284 | Dei nasjonale forskingsetiske komiteane | 20 648 | 21 206 | 21 739 | 2,5 |
285 | Noregs forskingsråd | 5 348 826 | 5 549 991 | 6 218 987 | 12,1 |
286 | Regionale forskingsfond | 124 937 | 0,0 | ||
287 | Grunnløyving til samfunnsvitskaplege forskingsinstitutt | 240 057 | 245 303 | –100,0 | |
288 | Internasjonale samarbeidstiltak | 5 440 038 | 7 043 367 | 5 127 483 | –27,2 |
289 | Vitskaplege prisar | 47 030 | 49 101 | 50 967 | 3,8 |
Sum kategori 07.60 | 57 089 116 | 60 252 505 | 59 740 605 | –0,8 |
Inntekter under programkategori 07.60 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2023 | Saldert budsjett 2024 | Forslag 2025 | Endring i pst. |
3271 | Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga | 11 232 | 4 995 | 4 864 | –2,6 |
3275 | Tiltak for høgare utdanning og forsking | 10 | 10 | 0,0 | |
3285 | Noregs forskingsråd | 24 000 | 100,0 | ||
3288 | Internasjonale samarbeidstiltak | 18 411 | 31 037 | 19 025 | –38,7 |
Sum kategori 07.60 | 29 643 | 36 042 | 47 899 | 32,9 |
Innleiing
Kompetansen i befolkninga er Noregs viktigaste ressurs. Forsking og høgare utdanning legg grunnlaget for auka kompetanse, nyskaping og omstilling både for den einskilde og for samfunnet, som vi treng i møte med samfunnsutfordringane og for å oppretthalde verdiskaping. Klima- og miljøutfordringar gjer at vi må utvikle og bruke kunnskap endå betre i handtering av ressursane. Ei anna hovudutfordring er den demografiske utviklinga med færre i yrkesaktiv alder og mangel på kompetent arbeidskraft i fleire sektorar og yrke. Stadig raskare teknologisk utvikling krev evne til å omstille seg og nye kunnskapar og ferdigheiter. Den geopolitiske situasjonen med større spenningar i verda gjer også at vi må ha kunnskapsberedskap for å handtere uventa hendingar. Det må vere god balanse mellom ein open og internasjonalt orientert høgare utdannings- og forskingssektor og behovet for meir varsemd. Løyvingane til høgare utdanning og forsking under kategori 07.60 er alle viktige for å nå måla for Kunnskapsdepartementet: kunnskap legg grunnlag for demokrati, velferd og berekraft, samfunnet skal ha tilgang på relevant kompetanse og kunnskapssektoren jamnar ut sosiale og geografiske skilnader. Sjå omtale av måla i kap. 1 i Hovudinnleiinga.
Hovudprioriteringar for 2025
Regjeringa foreslår 46,4 mrd. kroner til universitet og høgskular i 2025. Forslaget omfattar 50 nye studieplassar i medisin, 10 nye studieplassar i veterinærmedisin, 100 nye studieplassar i IKT og 120 mill. kroner for å gjere utdanning tilgjengeleg for fleire gjennom å styrke det desentraliserte og fleksible tilbodet.
Regjeringa foreslår å auke tildelingane til arbeidsplassbasert barnehagelærarutdanning (ABLU) frå 20 mill. kroner til 30 mill. kroner. Samla legg det til rette for 265 nye studieplassar i ABLU i perioden 2024–2025.
Forslaget omfattar 136,7 mill. kroner for å trappe opp ordinære studieplasstildelingar frå tidlegare år. I tillegg er det ein reduksjon på 167,1 mill. kroner for å frigjere midlar til omprioriteringar innanfor det samla budsjettforslaget frå regjeringa. Utfasinga av dei mellombelse midlane til studieplassar og rekrutteringsstillingar frå Utdanningsløftet 2020 utgjer høvesvis 392,2 mill. kroner og 263,6 mill. kroner.
Regjeringa foreslår å styrke forskinga på kvanteteknologi gjennom Forskingsrådet, slik at den årlege løyvinga på sikt blir 70 mill. kroner høgare enn dagens innsats. Av dette skal 30 mill. kroner kome over Kunnskapsdepartementets budsjett og 40 mill. kroner over Forsvarsdepartementets budsjett. Satsinga skal innrettast slik at det blir bygd opp solide nasjonale fagmiljø av høg internasjonal kvalitet, som vil kunne konkurrere og lykkast på andre arenaer.
Regjeringa foreslår å løyve til saman 40 mill. kroner til norske og samiske språkmodellar (grunnmodellar) til bruk i kunstig intelligens. Av desse vil 20 mill. kroner gå over Kultur- og likestillingsdepartementets budsjett til Nasjonalbiblioteket, som får i oppdrag å trene, oppdatere og tilgjengeleggjere språkmodellar, medan 20 mill. kroner skal gå over Kunnskapsdepartementets budsjett til å finansiere reknekraft til trening av modellane. Reknekrafta skal leverast av tungrekneselskapet Sigma2 AS, som er eigd av Sikt – Kunnskapssektorens tenesteleverandør. Satsinga er mellom anna ei oppfølging av tiltaka for språkteknologi i regjeringas handlingsplan for norsk fagspråk. Samstundes vil regjeringa greie ut kor mykje reknekraft Noreg vil trenge dei komande åra, om det er behov for ein nasjonal infrastruktur og korleis ein eventuell nasjonal infrastruktur for reknekraft til forsking, forvaltning og kunstig intelligens bør organiserast.
Regjeringa foreslår å løyve 10 mill. kroner til å utvikle infrastrukturane for behandling av sensitive data fordelt på Kunnskapsdepartementets og Helse- og omsorgsdepartementets budsjett. Tiltaket skal bidra til sikker bruk av og betre tilgang til helsedata for forskarar og utviklarar, styrkt helseberedskap og kunnskap i kriser og nasjonal kontroll over tilgang til data.
Regjeringa foreslår tilsegner om tilskot til 1 650 nye studenthyblar i 2025. Frå og med 2025 vil det i låneramma til Husbanken vere ei eiga delramme på 2,1 mrd. kroner for lån til studentbustadar, som gjer at samskipnadene i større grad kan føreseie finansiering til byggeprosjekta.
Regjeringa ønsker raskare gjennomføring i høgare utdanning og foreslår derfor at institusjonane kan krevje eigenbetaling frå studentar for gjentak av eksamen der studenten allereie har bestått. Det kan innebere færre gjentak og reduserte kostnader ved institusjonane, og regjeringa foreslår å redusere løyvinga til universitet og høgskular med 22,3 mill. kroner, tilsvarande eit anslag på inntekter frå eigenbetaling. Institusjonane skal sjølve fastsetje nivå på eigenbetalinga, avgrensa til meirkostnaden ved gjentak av eksamen.
Regjeringa foreslår å vidareføre den auka løyvinga på 10 mill. kroner til Universitetssenteret på Svalbard som kom i revidert budsjett for 2024.
Overordna rammer i politikken for forsking og høgare utdanning
Langtidsplan for forsking og høgare utdanning 2023–2032 og ny melding om forskingssystemet
Hausten 2022 la regjeringa fram ein ny langtidsplan for forsking og høgare utdanning, jf. Innst. 170 (2022–2023) og Meld. St. 5 (2022–2023) Langtidsplan for forskning og høyere utdanning (2023–2032). Planen set overordna mål for politikken for forsking og høgare utdanning. Regjeringa si oppfølging av langtidsplanen blir omtala i del III, kap. 5.
Det er eit politisk ansvar å legge til rette for at Noreg har eit velfungerande forskingssystem, slik at vi samla sett når dei tre overordna måla i forskingspolitikken. I langtidsplanen varsla regjeringa at ho vil legge fram ei melding til Stortinget om forskingssystemet våren 2025.
I systemmeldinga vil Kunnskapsdepartementet legge vekt på område der det er særskilde moglegheiter eller utfordringar som må handterast no og framover, og viktige samfunnsendringar og utviklingstrekk som vil krevje systemutvikling. Dette opnar nye spørsmål om roller, ansvar og samarbeidsformer, og ambisjonen for systemmeldinga er å meisle ut politikk som rustar forskingssystemet for framtida. Kunnskapsdepartementet utviklar meldinga etter fem hovudspor: digitalt skifte, ny geopolitisk situasjon, ta kunnskap raskare i bruk, oppdragsmarknad i endring og behov for betre samordning.
Ny universitets- og høgskulelov
Stortinget har vedteke ny universitets- og høgskulelov, lov 8. mars 2024 nr. 9 om universiteter og høyskoler, og lova tok til å gjelde 1. august 2024. Den nye lova bygger mellom anna på NOU 2020: 3 Ny lov om universiteter og høyskoler og NOU 2022: 2 Akademisk ytringsfrihet – God ytringskultur må bygges nedenfra.
Dei sentrale forarbeida til lova er Prop. 126 L (2022–2023), som samlar relevant tolkingsinformasjon, og Innst. 169 L (2023–2024), som inneheld forventningar, utdjupingar og presiseringar for å setje seg inn i og forstå lova. Den nye lova er tydelegare og betre tilpassa særlege utfordringar i universitets- og høgskulesektoren. Mellom anna er ansvaret til institusjonane for å verne dei som utøver den akademiske fridomen klargjort, og reglane om mellombelse tilsetjingar er stramma inn. Vidare er kravet om to sensorar ved eksamen modifisert. Det er slått fast at nedlegging av studiestadar skal vere ei politisk avgjerd, og det er innført reglar som skal styrke norsk og samisk fagspråk.
Endra krav for universitetsakkreditering
Kunnskapsdepartementet tok i januar 2023 imot rapporten Kvalitets- og akkrediteringskrav for norske universiteter frå ei ekspertgruppe som har vurdert dei gjeldande akkrediteringskrava for universitet, og moglege endringar i krava. Kunnskapsdepartementet hadde rapporten frå ekspertgruppa på høyring våren 2023, og forslaga om endringar i studiekvalitets- og studietilsynsforskrifta var på høyring i 2024. Forslaga inneber å endre kravet om fire doktorgradsprogram, til minst eitt doktorgradsprogram. Doktorgradsutdanninga skal dekke det vesentlege av den faglege verksemda ved institusjonen. Regjeringa foreslår å vidareføre kravet om stabil forskarutdanning innanfor det vesentlege fagområdet, og at dei vitskaplege høgskulane kan bli universitet etter ein forenkla prosedyre. Departementet tek sikte på at forskrifta skal gjelde frå 1. januar 2025.
Ny personalforskrift
Kunnskapsdepartementet har vedteke ny regulering for tilsetjingar og opprykk ved universitet og høgskular, jf. kapittel 3 i ny forskrift til lov om universitet og høgskular. Den nye forskrifta regulerer tilsetjingar og opprykk i sektoren på eit meir overordna nivå, med minstekrav til kvalifikasjonar for tilsetjing i undervisnings- og forskingsstillingar og rekrutteringsstillingar. Den nye reguleringa tydeleggjer stipendiat- og postdoktorstillingane som kvalifiserande stillingar, og legg til rette for ei tydelegare arbeidsdeling i sektoren. Det er lagt vekt på at reguleringa ikkje skal vere til hinder for implementeringa av NOR-CAM-prinsippa for forskar- og forskingsevaluering.
Endra regelverk for opptak til høgare utdanning
Regjeringa foreslo i Meld. St. 20 (2023–2024) Opptak til høgare utdanning endringar i regelverket for opptak til høgare utdanning. Regjeringa har som mål at flest mogleg skal kome raskt i gang med høgare utdanning og ut i arbeid, at regelverket skal bli enklare og lettare å forstå, at opptaksmodellen skal vere rettferdig og at søkarane framleis skal kunne forbetre karakterar eller ta nye fag etter fullført vidaregåande opplæring (VGO). Stortinget har slutta seg til forslaga i meldinga, jf. Innst. 378 S (2023–2024).
Kunnskapsdepartementet vil i 2025 sende på høyring eit forslag til ny opptaksforskrift. Endringar i regelverket blir varsla i god tid, slik at søkarar kan orientere seg om dei nye reglane. Dei fleste endringane vil gjelde tidlegast frå og med 2027, men nokre vil ta til å gjelde tidlegare. Dette gjeld avviklinga av karakterkrava i sjukepleiarutdanninga og moglegheita for dispensasjon frå karakterkrava i lærarutdanningane, som vil gjelde frå opptaket til studieåret 2025–26. For opptaket til studieåret 2024–25 innførte regjeringa ei overgangsordning, så utdanningsinstitusjonane kunne gi opptak lokalt til søkarar som ikkje oppfylte karakterkrava.
Utdanning og forsking i tråd med samfunnsbehova
Samfunnet treng kompetent arbeidskraft med høgare utdanning
God tilgang til høgare utdanning er avgjerande for at den einskilde og samfunnet skal oppnå kompetansen vi treng for å løyse ei rekke store utfordringar som samfunnet står overfor. Høg kompetanse bidreg til at norsk arbeidsliv har høg omstillingsevne. I Meld. St. 31 (2023–2024) Perspektivmeldingen 2024 peikar regjeringa på at eit høgare utdanningsnivå kan vere nødvendig for å halde tritt med kompetansekrava i arbeidslivet, lette nødvendig omstilling i økonomien og oppretthalde høg sysselsetjing. I tillegg vil økonomisk vekst framover avhenge av auka produktivitet. Dette krev høg kompetanse og omstilling av arbeidsstyrken. Arbeidsløysa er låg i dag, og framskrivingane viser at ein mindre del av befolkninga framover vil vere i arbeidsfør alder, samstundes som rekruttering av arbeidskraft frå utlandet kan bli vanskelegare. I tida som kjem blir det derfor endå viktigare at universiteta og høgskulane prioriterer utdanningstilbod som best mogleg samsvarer med behova i samfunnet.
Omstillingsbehova krev at fleire må få påfyll av formell kompetanse i løpet av karrieren. Regjeringa har gjort det meir fleksibelt for universiteta og høgskulane å opprette tilbod med eigenbetaling, som er tilpassa personar i arbeid. Regjeringa forventar at institusjonane utnyttar denne fleksibiliteten til å styrke tilbodet. For vidareutdanningstilbod som er særskild utvikla for personar i arbeid og med arbeidserfaring, som erfaringsbaserte mastergrader, er det rimeleg at arbeidsgivarar dekker delar av kostnadene gjennom eigenbetaling, slik at eit styrka vidareutdanningstilbod ikkje går ut over dei ordinære utdanningane.
Regjeringa vil vidareføre den søknadsbaserte tilskotsordninga for studiesenter, og foreslår å flytte ordninga frå Kunnskapsdepartementets til Kommunal- og distriktsdepartementets budsjett.
Vi treng å utdanne nok profesjonsutøvarar med rett kompetanse for framtida
Lærarar, ingeniørar og helse- og sosialfagleg personell har nøkkelroller for velferd og verdiskaping i heile det norske samfunnet. Vi treng nok folk med rett kompetanse for framtida. Derfor foreslo regjeringa i Meld. St. 19 (2023–2024) Profesjonsnære utdanningar over heile landet ulike tiltak for at fleire skal utdanne seg til desse profesjonsyrka, og for at utdanningane skal bli meir profesjonsnære. Regjeringa vidarefører forventningane frå utsynsmeldinga, og slår i tillegg fast at lærarutdanning skal vere ei prioritert utdanning ved universitet og høgskular. Stortinget har slutta seg til forslaga i meldinga, jf. Innst. 330 S (2023–2024).
Regjeringa held fram arbeidet med å styre lærarutdanningane meir overordna. Regjeringa si ekspertgruppe om styring av lærarutdanningane leverte sine tilrådingar til Kunnskapsdepartementet i juni 2024. Gruppa tilrår mellom anna at det blir laga éin rammeplan for lærarutdanningane som skal erstatte dagens elleve rammeplanar. Regjeringa vil ta stilling til korleis ein skal følge opp tilrådingane.
Regjeringa vidarefører løyvingane for å auke kvaliteten i barnehagelærarutdanninga og for å rekruttere fleire kvalifiserte søkarar til lærarutdanningane, jf. omtale under kap. 231, post 21 og kap. 226, post 22. I 2023 blei midlane til partnarskapssamarbeid mellom lærarutdanningsinstitusjonar og skule- og barnehageeigarar styrkte, og lagde i rammeløyvinga til dei aktuelle universiteta og høgskulane. Føringa om partnarskapssamarbeid gjeld framleis.
Regjeringa har ei brei tilnærming til det å rekruttere fleire til læraryrket. Regjeringa har følgt opp Stortingets vedtak nr. 690, 25. mai 2023, og utvikla Strategi for rekruttering til lærerutdanningene og læreryrket 2024–2030, saman med partane i Nasjonalt forum for lærerutdanning og profesjonsutvikling.
Strategi for å auke næringslivets investeringar i forsking og utvikling
Regjeringa sin heilskaplege og langsiktige forskingspolitikk er forankra både i Hurdalsplattforma og i langtidsplanen for forsking og høgare utdanning. Nærings- og fiskeridepartementet og Kunnskapsdepartementet har saman utarbeidd ein strategi for å legge til rette for ei god kopling mellom forsking, høgare utdanning og næringsliv, og gjennom det bidra til at næringslivet investerer meir i forsking og utvikling (FoU).
Regjeringa legg vekt på at næringslivet har tilstrekkeleg med kompetanse, særleg tilgang til forskingskompetanse, og medarbeidarar med relevante doktorgradar. For å lykkast må vi også bli betre på å tiltrekke oss og behalde forskingsmedarbeidarar frå utlandet.
God balanse i dei økonomiske verkemidla skal fremje FoU-investeringane frå næringslivet. Store satsingar som for eksempel den pågåande satsinga på framtidas databehandling, kunstig intelligens, digital tryggleik og samfunnskonsekvensar av teknologiutviklinga, skal vere relevante også for næringslivet.
Forsking på kvanteteknologi
Kvanteteknologi kan få store implikasjonar for framtidig kryptering, radarar, sensorar, navigasjon og databehandling. Teknologien er forventa å gi ringverknader for tryggleik og beredskap, i tillegg til langsiktige positive verknader for samfunnet i form av auka verdiskaping. Potensialet i kvanteteknologien har ført til eit internasjonalt forskings- og utviklingskappløp. Ved starten av 2021 hadde 17 land etablert nasjonale kvantestrategiar, med tilhøyrande finansiering for forsking og utvikling av kvanteteknologi. Som varsla i Meld. St. 5 (2022–2023) Langtidsplan for forskning og høyere utdanning 2023–2032 og Prop. 87 S (2023–2024) Langtidsplan for forsvarssektoren 2025–2036 vil regjeringa styrke forskinga på kvanteteknologi. Forskingsrådet skal forvalte satsinga som regjeringa no foreslår. Satsinga er venta å gi ei varig oppbygging av fagmiljø som forskar og underviser på dei tre hovudspora til kvanteteknologien: kvantedatabehandling og simulering, kvantesansing og -måling og kvantekommunikasjon.
Styrkt tryggleik og beredskap i høgare utdannings- og forskingssektoren
Dei norske tryggleiks- og etterretningstenestene peikar på kunnskapssektoren som eit attraktivt mål for etterretningsverksemda til framande statar, mellom anna som følge av tilgang til avansert forskingsinfrastruktur. Regjeringa held fram med å styrke arbeidet med tryggleik og beredskap i sektoren gjennom fleire tiltak. Kunnskapsdepartementet har, saman med etterretnings- og tryggingstenestene, eit årleg sektormøte med underliggande verksemder om tryggleik. Forsking og utvikling er peika ut som ein grunnleggande nasjonal funksjon i kunnskapssektoren. Sjå programkategori 07.10 Administrasjonfor nærare omtale.
Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) har ansvaret for den løpande sektorstyringa og oppfølginga av samfunnstryggleik og beredskap og informasjonstryggleik og personvern i høgare utdanning og forsking. Sjå programkategori 07.50 Kompetansepolitikk og livslang læring for nærare omtale av arbeidet til HK-dir.
Sikt – Kunnskapssektorens tenesteleverandør gjennomfører tiltak for å førebygge, avdekke og handtere digitale truslar. Ei undersøking frå Riksrevisjonen frå 2023 avdekte at forskingsdata i verksemder under Kunnskapsdepartementet ikkje er godt nok trygga mot digitale angrep. Departementet følger opp undersøkinga saman med mellom andre HK-dir og Sikt.
Kunnskapsdepartementet tok i 2023 initiativ til eit interdepartementalt arbeid med særleg sensitive fagområde og teknologiar. Formålet er å vurdere tiltak som kan hjelpe både styresmakter og verksemder med å utvikle og verne kunnskap og kompetanse av strategisk verdi for nasjonal tryggleik, uavhengig av regelverk.
Beredskapsrådet for kunnskapssektoren medverkar til å samordne praksis og utveksle erfaring i sektoren. I 2023 reviderte dei tiltaka for å førebygge radikalisering og valdeleg ekstremisme i universitets- og høgskulesektoren.
Sikresiden.no gir 400 000 studentar og tilsette og 33 verksemder i universitets- og høgskulesektoren informasjon og opplæring, mellom anna om korleis ein kan trygge informasjonsverdiar og førebygge spionasje.
Sjå programkategori 07.10 Administrasjon for omtale av departementet sitt arbeid med tryggleik og beredskap som gjeld alle sektorane under Kunnskapsdepartement.
Internasjonalt samarbeid og utveksling
Noreg treng å ta del i internasjonalt samarbeid for forsking og utdanning
Samarbeid med leiande internasjonale kunnskapsmiljø bidreg til å auke kvaliteten i norske fagmiljø, og Noreg er avhengig av internasjonalt samarbeid og dialog på tvers av landegrensene for å handtere dei store samfunnsutfordringane. Noregs deltaking i EUs rammeprogram for forsking og innovasjon (Horisont Europa) og EUs program for utdanning, opplæring, ungdom og idrett (Erasmus+), saman med ei brei og god involvering i dei europeiske områda for utdanning (EEA) og forsking (ERA), gjer det mogleg å utvikle og samarbeide om utdanning, forsking og innovasjon med andre land. Gjennom Nasjonal handlingsplan for Det europeiske forskningsområdet 2022–2024 bidreg Noreg til å følge opp felles europeisk politikk for å styrke europeisk forsking og innovasjon og auke samarbeidet om store samfunnsutfordringar, som grønt og digitalt skifte.
I det nordiske samarbeidet blir det fastsett eit nytt samarbeidsprogram for Ministerrådet for utdanning og forsking, med mål og prioriteringar for perioden 2025–2030. Tilgang på utdanning av høg kvalitet for alle, med ei god kopling mellom kompetansebehova og utdanningane, er viktige mål for neste periode. Det er også viktig å fremje Norden som ein integrert utdannings- og forskingsregion med forsking av høg kvalitet, som gir oss ny kunnskap på strategisk viktige område for Norden. Det nordiske samarbeidet skal bidra til å utvikle og styrke språkfellesskapet i Norden.
Regjeringa er òg oppteken av eit sterkt utdannings- og forskingssamarbeid med strategisk viktige land utanfor EU/EØS. Gjennom oppfølging av Panorama – strategi for høyere utdannings- og forskningssamarbeid med Brasil, Canada, India, Japan, Sør-Korea, Kina, Sør-Afrika og USA (2021–2027) bidreg utdannings- og forskingsmiljøa til etablering, bygging og vidareutvikling av strategiske partnarskapar av framifrå kvalitet. Partnarskapsprogramma UTFORSK og INTPART er sentrale verkemiddel som bidreg til å auke utdannings- og forskingssamarbeidet med dei prioriterte landa.
Ansvarleg internasjonalt samarbeid
Regjeringa er oppteken av å få til ein god balanse mellom ein open og internasjonalt orientert høgare utdannings- og forskingssektor og behovet for auka varsemd, slik at norsk kunnskap og teknologi ikkje blir brukt i strid med dei tryggleiks- og forsvarspolitiske interessene våre. For å bidra til meir kunnskap og medvit om ansvarleg internasjonalt samarbeid, har Kunnskapsdepartementet etablert Rundebord for akademisk samarbeid med Kina, som ein fast møteplass for informasjonsutveksling mellom styresmaktene og norske høgare utdannings- og forskingsinstitusjonar. I tillegg har Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse og Noregs forskingsråd i 2023, på oppdrag frå Kunnskapsdepartementet, lagt fram nasjonale retningslinjer for ansvarleg internasjonalt samarbeid som ein digital ressurs. Departementet er oppteke av å vedlikehalde retningslinjene som eit praktisk verktøy som rustar institusjonane til å gjere gode vurderingar av konkrete samarbeid, slik at både etablerte verdiar og normer for akademisk samarbeid og nasjonale interesser blir sikra.
Regjeringa har vedteke å opprette Direktoratet for eksportkontroll og sanksjonar under Utanriksdepartementet for å styrke arbeidet med gjennomføring av sanksjonar og eksportkontroll. Dette direktoratet skal vere oppretta 1. januar 2025. Utanriksdepartementet arbeider òg med endringar i eksportkontrollregelverket, mellom anna med innføring av ei ny lisensordning for kunnskapsoverføring. Dette vil få praktiske konsekvensar for høgare utdannings- og forskingssektoren, og Kunnskapsdepartementet følger opp prosessane i tett dialog med sektoren. Det er viktig for Kunnskapsdepartementet at regelverket blir følgt, og samstundes at den nye lisensordninga ikkje skaper unødige hindringar for sektoren og det internasjonale samarbeidet.
Bygg for høg kvalitet i undervisning og forsking
Dei fysiske omgivnadene på campus påverkar læringsmiljøet og kvaliteten i forsking og utdanning. Eit godt utforma bygg kan invitere til samarbeid mellom fag og betre kommunikasjon mellom studentar, mellom tilsette og studentar og mellom akademia, næringslivet og lokalsamfunnet.
Universitets- og høgskulesektoren har den største byggporteføljen i statleg sivil sektor. Sektoren disponerer 3,6 mill. kvadratmeter, der staten eig om lag 2,7 mill. kvadratmeter og institusjonane leiger resten i den private marknaden. Det har vore store statlege investeringar i bygg for universitets- og høgskulesektoren dei siste åra. Fleire store prosjekt er under oppføring eller prosjektering, og legg beslag på betydelege økonomiske ressursar og personellressursar. Det vil derfor ikkje vere rom for å setje i gang mange store byggeprosjekt i sektoren i åra framover. Regjeringa forventar at universiteta og høgskulane sørger for å bruke eksisterande areal betre framfor å bygge nytt, og at dei gjer grundige vurderingar av behova for nybygg, rehabilitering, ombygging og leige av bygg.
Institusjonane må mellom anna legge til rette for effektive lokale som støttar formålet til verksemda. Det inneber til dømes å tilpasse areal til nye undervisningsformer, arbeidsmetodar og forskingsmetodar. Institusjonane har gjennom arbeidet med campusutviklingsplanar identifisert kva slags endringar og investeringar som er nødvendige for at bygga skal vere gode lokale for forsking, utdanning og formidling.
Ei evaluering av praksisen med campusutviklingsplanar frå Samfunnsøkonomisk analyse tyder på at planane har gitt nytte og retning for campusutviklinga, men at det ikkje bør vere ei føring for alle institusjonane å ha campusutviklingsplanar. I tråd med tillitsreforma har Kunnskapsdepartementet fjerna kravet om at alle dei statlege universiteta og høgskulane skal ha campusutviklingsplanar. Vedlegg 3 gir ei oversikt over prosjekt under bygging i sektoren.
Tiltak som bidreg til fleire studentbustadar
Regjeringa har høge ambisjonar om å bygge nye studentbustadar og foreslår tilsegner om tilskot til 1 650 nye hybeleiningar i 2025. Frå og med 2023 innførte regjeringa ei felles kostnadsramme for heile landet, som blir justert med årleg prisvekst. I 2025 er kostnadsramma 1 571 300 kroner. Prosjekt som er ferdige innan fire år etter tilsegna om tilskot, kan nytte den prisjusterte ramma som gjeld når bygget står ferdig. Tiltaka har resultert i fleire søknader frå samskipnadene. Regjeringa har i tillegg foreslått at studentbustadar blir eit eige arealformål i Kart- og planforskrifta. Det vil kunne bidra til kortare saksbehandlingstid i kommunane og redusere byggesakskostnadene for studentsamskipnadene og studentbustadstiftingane. Vidare vil det i låneramma til Husbanken frå og med 2025 vere ei eiga delramme for lån til studentbustadar, slik at samskipnadene i større grad kan føreseie finansiering til byggeprosjekta.
Kap. 260 Universitet og høgskular
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2023 | Saldert budsjett 2024 | Forslag 2025 |
50 | Statlege universitet og høgskular, kan nyttast under post 70 | 41 549 854 | 43 042 156 | 44 133 668 |
70 | Private høgskular, kan nyttast under post 50 | 2 248 595 | 2 312 516 | 2 311 831 |
Sum kap. 260 | 43 798 449 | 45 354 672 | 46 445 499 |
Post 50 Statlege universitet og høgskular, kan nyttast under post 70, og post 70 Private høgskular, kan nyttast under post 50
Mål for 2025
Følgande overordna mål gjeld frå 2023 for universitet og høgskular som får løyving frå Kunnskapsdepartementet over kap. 260:
Høg kvalitet i utdanning og forsking.
Berekraftig samfunnsutvikling, velferd og innovasjon.
God tilgang til utdanning, forsking og kompetanse i heile landet.
Måla er fastsette for å reflektere dei aktuelle politiske hovudprioriteringane for universitet og høgskular og etter innspel frå sektoren. Måla er òg sette i samanheng med måla i langtidsplanen for forsking og høgare utdanning, som gjeld uavhengig av sektor.
Departementet har utviklingsavtalar med dei einskilde universiteta og statlege høgskulane, som gjeld for perioden 2023–2026. Avtalane har differensierte mål og styringsparametrar som omfattar institusjonen sine strategiske prioriteringar for å bidra til å nå dei nasjonale sektormåla.
Departementet har ikkje utviklingsavtalar med dei private høgskulane, men følger opp mål og resultat som del av tilskotsforvaltninga.
Resultat i 2023
God tilgang til utdanning
Stabilt studenttal
Hausten 2023 var det om lag 296 000 registrerte studentar ved norske universitet og høgskular med finansiering frå Kunnskapsdepartementet. Det er omtrent på same nivå som i 2022. 17 pst. av studentane var registrerte på private høgskular. Omrekna til heiltidsekvivalentar var det ein reduksjon i studenttalet frå 258 200 i 2022 til 257 500 i 2023.
Tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB) viser at det var 12 700 norske gradsstudentar ved universitet og høgskular i utlandet i 2023, og det er ein liten reduksjon frå 2022. Dette talet har gått ned kvart år sidan 2014, då det var rundt 17 000.
Høgare utdanning bidreg til sosial utjamning
I aldersgruppa 19–24 år var 37 pst. studentar i Noreg eller i utlandet i 2023, og det har vore ein auke frå 30 pst. i 2008. Dei som har foreldre med lang høgare utdanning (meir enn fire år), er i større grad studentar sjølve. Dess høgare utdanning foreldra har, dess høgare er prosentdelen studentar. Høvesvis 57 og 44 pst. av dei som har minst éin forelder med lang eller kort høgare utdanning var studentar sjølve i 2023. Av dei som har ein forelder med vidaregåande eller grunnskuleutdanning var høvesvis 28 og 22 pst. studentar. Sidan 2008 er det likevel størst auke blant dei som har foreldre utan høgare utdanning. For dei som har foreldre med høgare utdanning, er prosentdelen studentar relativt stabil, medan delen har auka med 5 prosenteiningar for dei med foreldre med vidaregåande utdanning og 9 prosenteiningar for dei med foreldre med grunnskuleutdanning.
Meir fleksible og desentraliserte tilbod
Frå 2014 til 2023 har talet på studentar på nettbaserte eller desentraliserte studietilbod nesten dobla seg, frå 17 000 til 30 900 studentar. Før 2014 var det fleire studentar på desentraliserte tilbod enn på nettbaserte, men frå og med 2014 vaks talet på nettstudentar forbi talet på studentar på desentraliserte tilbod. Trenden med at desentralisert undervisning går tilbake medan det blir meir nettbaserte tilbod, heldt fram i 2023. Talet på studentar på deltidstilbod har stige frå 39 900 i 2014 til 47 900 i 2023.
I 2023 lyste Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse ut 200 mill. kroner til fleksibel og desentralisert utdanning. 150 mill. kroner blei tildelt fagskular, høgskular og universitet, og 50 mill. kroner gjekk til studiesenter. Utdanningstilboda er spreidde over heile landet der det er lokalt, regionalt og nasjonalt behov, slik som profesjonsutdanningar, teknologi, digitalisering og grønt skifte.
I utviklinga av meir desentraliserte tilbod dei siste åra har Kunnskapsdepartementet mellom anna tildelt midlar til både studietilbod og forsking for at Høgskolen i Innlandet kan utvikle Kongsvinger som ein campus. Vidare har Universitetet i Søraust-Noreg fått midlar for å etablere ein campus på Gol.
Høg kvalitet i utdanning og forsking
Kvaliteten i forsking og utdanning er avhengig av at fagmiljøa skaffar fram ny kunnskap og får studentane til å lære, og av korleis denne kunnskapen bidreg til samfunnsutviklinga. Kunnskap gir nytte for samfunnet over svært lang tid, men dette lèt seg ikkje talfeste direkte. Kvaliteten kan derfor ikkje avgjerast kvantitativt eller på kort sikt. Kvantitative rapportar kan likevel gi relevant informasjon om kvalitetsutviklinga, sjølv om dei ikkje gir eit heilskapleg bilete.
Talet på studiepoeng er stabilt
I 2023 tok kvar student omtrent like mange studiepoeng som i 2022, 46,5 poeng per student samanlikna med 46,7 i 2022. Nivået i 2023 er noko høgare enn det har vore i gjennomsnitt dei siste ti åra.
Fleire i relevant arbeid etter utdanning
Over tid har strykprosenten gått ned i høgare utdanning. I 2023 er han på 7,4 pst., noko høgare enn i 2022 då strykprosenten var på 7,1 pst. På bachelorgradsnivå har fullføringsgraden for kull som etter normert tid skulle fullføre bachelorgrada i 2023, gått ned med nærare 3 prosenteiningar samanlikna med kulla som starta året før. På masterutdanningar var fullføringsgraden på normert tid på 55,4 pst., tilnærma den same som i 2022. Nordisk institutt for studier av innovasjon, forskning og utdanning (NIFU) gjennomfører kandidatundersøkingar annakvart år. Undersøkinga frå 2023 viser at delen av mastergradskandidatar som var arbeidsledige eit halvt år etter fullført utdanning, auka frå 5,2 til 6,4 pst. Delen som var arbeidsledige i 2023 var likevel lågare enn den i gjennomsnitt har vore frå 2011 til 2023.
Studentar er noko meir nøgde enn før
Sjølv om restriksjonane i samfunnet blei avvikla og universiteta og høgskulane kunne drive ordinært i starten av 2022, viste Studiebarometeret at studentane var noko mindre nøgde med studia i 2022 enn i dei to føregåande åra. I 2023 er studentane meir nøgde enn dei var i 2022. På spørsmålet om studentane er einige i påstanden om at dei alt i alt er nøgde med studieprogrammet sitt, har gjennomsnittet, på ein skala frå 1 til 5, gått frå 3,8 i 2022 til 4,0 i 2023. Studentane rapporterer mellom anna at dei er meir nøgde med organiseringa av studieprogramma og kontakten med arbeidslivet i 2023 enn året før. Dei er også meir nøgde med det sosiale læringsmiljøet.
Gjennomførte doktorgradar
For sektoren samla var det ein liten nedgang i gjennomføringsgrad i doktorgradsutdanninga frå 67 pst. i 2022 til 65,6 pst. 2023, men tala har vore relativt stabile over tid. I 2023 blei det avlagt 1 612 doktorgradar, 50 fleire enn i 2022. Berre i 2020 har det vore avlagt fleire doktorgradar enn i 2023. Det blei avlagt flest doktorgradar i medisin og helsefag i 2023, men veksten dei siste ti åra har vore størst innanfor fagområdet teknologi. I 2023 var 21 pst. av alle avlagde doktorgradar innanfor teknologiske fagfelt, samanlikna med 11 pst. i 2014.
Kvalitet i forsking
Det er eit positivt teikn for kvaliteten på norsk forsking når mange forskarar får stipend frå Det europeiske forskingsrådet (ERC), som er ein finansieringsarena med høg konkurranse og vekt på framifrå vitskapleg kvalitet. I 2023 var det 27 norske søknader som fekk tilslag, ein auke på fem tilslag frå 2022. Fem av dei innvilga prosjekta var såkalla Synergy grants, som er høgthengande prosjekt der to til fire framifrå forskarar frå heile verda går saman om å søke svar på komplekse spørsmål.
Deltaking i internasjonale samarbeid
Studentutveksling
Tilstandsrapport for høyere utdanning 2024 viser at eit rekordhøgt tal studentar reiste på utveksling frå Noreg i 2023. Nær 8 800 studentar reiste på utveksling frå Noreg, ein auke på 15 pst. frå 2022. Det er no nær 300 fleire som reiser frå Noreg på utveksling, enn det var i toppåret 2019. Utvekslinga fekk eit kraftig fall under pandemien, men har i åra etter 2021 vore i god vekst. Utveksling har høg politisk prioritet, og det er eit langsiktig mål at 50 pst. av studentane i høgare utdanning skal ha eit utanlandsopphald i løpet av studietida si. Det kortsiktige målet er 20 pst.
I 2023 var det 12 700 norske studentar som gjennomførte ein heil grad i utlandet. Talet har gått nedover kvart år sidan toppåret 2015 og er no på det lågaste i heile den siste tiårsperioden.
Det kom 10 900 studentar på utveksling til Noreg i 2023, som er 5 pst. fleire enn i 2022. Dei siste ti åra har talet aldri vore høgare.
Det var 9 000 internasjonale heilgradsstudentar i Noreg i 2023. Dette er ein nedgang på 22 pst. sidan året før. 60 pst. av dei internasjonale gradsstudentane var i 2023 frå land utanfor EØS og Sveits, basert på kriteria i tilstandsrapporten.
Vitskapleg publisering
Sidan 2014 har stadig fleire av dei vitskaplege publikasjonane av forskarar ved universitet og høgskular i Noreg blitt publiserte i samarbeid med internasjonale forfattarar. Prosentdelen internasjonale sampublikasjonar var 59,5 pst. i 2023, tilsvarande som i 2022, og utviklinga held fram med jamn auke frå 51 pst. i 2016.
Rammeprogramma Horisont Europa og Erasmus+
Norske universitet og høgskular har gjort det svært bra i første halvdel av rammeprogrammet Horisont Europa. Resultat per 5. mai 2024 viser at norske aktørar totalt er tildelt 1,2 mrd. euro. 29 pst. av dette har gått til norske universitet og høgskular, noko som utgjer 354 mill. euro sidan oppstart i 2021. I 2023 deltok universiteta og høgskulane i 2 860 søknader, og av desse blei 607 innstilte til finansiering, noko som gir ein suksessrate på 21 pst. Det er ein auke sidan førre oppdatering i desember 2022. Norske aktørar deltek også aktivt i dei sentraliserte tiltaka under Erasmus+. Universiteta og høgskulane står for hovudvekta av den norske deltakinga. Noreg er sterkt representert i tiltaket Europeiske lærarakademi, med åtte norske lærestadar. Lærarakademia skal bygge nettverk mellom tilbydarar av lærarutdanning i Europa og bidra til å heve kvaliteten på lærarutdanningane og lærarprofesjonen. Norske institusjonar har òg vore aktive i satsinga Europeiske universitet. Med deltaking i tolv universitetsalliansar per 2024 har Noreg allereie nådd måltala i Erasmus+-strategien.
Bygg som er tilpassa undervisning og forsking
Vikingtidsmuseet
Prosjektet for å bygge nytt vikingtidsmuseum fekk startløyving i 2020. For å halde kostnadene under kontroll og unngå forseinkingar blei prosjektet nedskalert i 2022, og kostnadsramma heva som følge av ein oppdatert usikkerheitsanalyse, jf. Innst. 117 S (2022–2023) og Prop. 21 S (2022–2023). Prosjektet har i 2023 arbeidd med å detaljere planane for å flytte vikingskip og sledar frå det eksisterande museumsbygget til nybygget. Høg kompleksitet og strenge krav til tryggleiken til samlinga har medført at kostnadene har stige med om lag 350 mill. kroner. Det er ikkje behov for å oppjustere kostnadsramma for prosjektet, som er på 3,9 mrd. kroner, men styringsramma er heva til 3,5 mrd. kroner (prisnivå per desember 2023), jf. Prop. 104 S (2023–2024). Med dei nye planane for å flytte skip og sledar skal byggeprosjektet vere ferdig sommaren 2027. Sjølve byggeprosjektet blei i 2023 gjennomført etter planane.
Livsvitskapsbygget
Prosjektet Livsvitskapsbygget fekk startløyving i 2018, men blei endra hausten 2020 og våren 2021, då det blei vedteke at bygget også skulle omfatte lokale for Klinikk for laboratoriemedisin ved Oslo universitetssjukehus. For å legge til rette for samlokaliseringa og som følge av kostnadsaukar i prosjektet vedtok Stortinget å auke kostnadsramma til 13,4 mrd. kroner i 2022 (prisnivå per 1. juli 2025), jf. Innst. 12 S (2021–2022) og Prop. 1 S (2021–2022). Prosjektet inngjekk avtalar om innreiing før sommaren 2023, etter at prosjektet i 2022 hadde jobba med å ta ned kostnadene for innreiinga. I samband med at avtalane blei inngått, blei delar av usikkerheitsavsetninga utløyst. Gjennomføringa av råbygg og fasadar gjekk etter planane i 2023.
Blått bygg
I 2022 gav Stortinget startløyving til Blått bygg i Bodø for Nord universitet. Byggearbeida gjekk etter planen i 2023, og nybygget var ferdig våren 2024. Studentane og dei tilsette tok i bruk dei nye og eigna lokala for utdanning og forsking innanfor biovitskap og akvakultur frå studiestart hausten 2024. Rehabiliteringa av lokala til det helsefaglege miljøet startar opp hausten 2024. Desse lokala skal vere ferdig rehabiliterte våren 2025.
Campussamlingsprosjektet ved NTNU
Campussamlingsprosjektet ved NTNU fekk startløyving i 2024. Prosjektet skal samle fagmiljøa som i dag held til på Dragvoll, sentralt på Gløshaugen. Dette vil skape nye tverrfaglege synergiar for utdanning og forsking. Planen er at alle bygga skal vere i bruk seinast i 2030.
Noregs arktiske universitetsmuseum
I 2023 gav Kunnskapsdepartementet i oppdrag til Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet (UiT) og Statsbygg å redefinere og nedskalere prosjektet for nytt universitetsmuseum i Tromsø fordi prosjektet låg an til å bli for dyrt. Departementet tok imot konseptvalutgreiinga av det redefinerte prosjektet og kvalitetssikra utgreiinga eksternt våren 2024. Rapporten frå kvalitetssikringa har vore på høyring hos UiT og Statsbygg. Regjeringa har ikkje teke stilling til kva for eit konsept som bør gå vidare til detaljprosjektering.
Forsking og utdanning for velferd, verdiskaping og omstilling
Innovasjon, verdiskaping og samspel med omverda
I Studiebarometeret 2023 svarer over halvparten av studentane at dei i nokon eller stor grad får god informasjon om korleis kompetansen deira kan nyttast i arbeidslivet, og kva bransjar som er relevante for utdanningane dei tek. 46 pst. av studentane svarer det same på spørsmål om representantar frå arbeidslivet bidreg i undervisninga, og 34 pst. svarer det same på spørsmål om det er mogleg å jobbe med prosjekt i samarbeid med arbeidslivet. Samla er resultata for spørsmåla om tilknytinga til arbeidslivet noko høgare enn i 2022.
Open tilgang til forsking er høgt prioritert. Etter fleire år med kraftig vekst i prosentdelen artiklar som er ope tilgjengelege, ser det no ut til at denne delen er i ferd med å flate ut på i overkant av 80 pst.
Universiteta og høgskulane leverte 164 patentsøknader i 2023, som er 8 fleire enn året før. Dei har derimot selt færre lisensar til å bruke patenterte oppfinningar, frå 72 inngåtte kontraktar i 2022 til 38 i 2023.
Bidrags- og oppdragsinntektene som universiteta og høgskulane får inn utanom Forskingsrådet og EU, utgjorde 9 pst. av dei totale driftsinntektene i 2023, tilsvarande som i 2022. Frå 2022 til 2023 steig inntektene per faglege årsverk med 6,4 pst., frå 197 500 til 210 200 kroner i gjennomsnitt.
Universitetsmusea
Fem universitet har eit særskilt ansvar for å ta hand om vitskaplege samlingar og drive museum med publikumsutstillingar. Universitetsmusea hadde 75 000 fleire besøkande i 2023 enn i 2022. Då er besøkstala for dei botaniske hagane haldne utanfor på grunn av problem med å registrere besøkande i 2023. Skuleklassar og barnefamiliar er viktige målgrupper for formidlinga ved universitetsmusea. Vikingskipshuset ved Kulturhistorisk museum i Oslo er stengt på grunn av nybygging. Det nye vikingtidsmuseet skal etter planen opne i 2027. Kulturhistorisk bygg ved Universitetsmuseet i Bergen er stengt for rehabilitering med særskild vekt på brannsikring. Nokre av utstillingane blir viste i naturhistorisk bygg i mellomtida.
Forsking er grunnlaget for formidling og utstillingar ved universitetsmusea. Den vitskaplege publiseringa per fagleg tilsett har auka frå 2022 til 2023 ved dei fleste universitetsmusea, medan ho har gått litt ned ved universiteta elles.
Universiteta har ansvar for å sikre og bevare samlingane for ettertida. Sikringa av magasinareala for dei verdifulle vitskaplege samlingane er stort sett som tidlegare, og fleire av musea har løyst utfordringane gjennom å leige eksterne lager. Rapporteringa frå 2023 tyder på at den største utfordringa for fleire av musea framleis er risikoen for vasskade.
Lærarutdanningane og helse- og sosialfagutdanningane
I 2023 blei det uteksaminert 7 100 kandidatar frå lærarutdanningane retta mot barnehage eller skule. Dette er ein auke på 3,5 pst. frå 2022 og fleire enn gjennomsnittet dei siste ti åra. I dei praktisk-pedagogisk utdanningane (PPU og PPU-Y) er det ein nedgang i talet på uteksaminerte kandidatar på 320 frå 1 720 kandidatar i 2022. Dette kjem i hovudsak av ein nedgang i talet på studentar som møtte til studiestart på utdanningane frå 2021 til 2022, og lågare gjennomføring blant studentane som blei tekne opp i 2022. I 2023 blei det tildelt 10 mill. kroner til nasjonalt rekrutteringsprosjekt for lærarutdanning. Sjå omtale under programområde 07.20, kap. 226, post 22.
Frå helse- og sosialfaglege utdanningar blei det i 2023 uteksaminert totalt 8 700 kandidatar på utdanningane som har kandidatmåltal. Det er ein nedgang frå 9 000 i 2022, men over måltalet på 7 906. Innanfor nokre utdanningar, som medisin og farmasi, blei det uteksaminert fleire kandidatar i 2023 enn i 2022.
Effektiv, mangfaldig og solid høgare utdanningssektor og forskingssystem
I perioden 2014–2023 har det blitt 45 500 fleire studentar i høgare utdanning, tilsvarande ein vekst på 18,2 pst. Samstundes har det blitt 9 400 fleire tilsette målt i talet på årsverk, tilsvarande ein vekst på 27,7 pst. Forholdstalet mellom faglege stillingar og administrative stillingar har auka frå 2,43 til 2,54. Det har dermed over tid vore ein større vekst i tilsette enn i studentar ved dei høgare utdanningsinstitusjonane, og det same gjeld delen faglege årsverk samanlikna med administrative årsverk.
Tabell 4.23 Indikatorar for aktiviteten ved universitet og høgskular. 2020–2023
60-studiepoengeiningar | Studentar | Publiseringspoeng | Totale årsverk | Faglege årsverk | |
---|---|---|---|---|---|
2020 | 201 100 | 291 900 | 29 400 | 40 400 | 25 300 |
2021 | 206 700 | 304 100 | 31 700 | 42 100 | 26 400 |
2022 | 202 200 | 295 400 | 29 600 | 43 100 | 27 100 |
2023 | 199 900 | 295 700 | 29 700 | 43 300 | 27 000 |
Tala er avrunda til næraste hundre og gjeld institusjonar med tildeling frå Kunnskapsdepartementet. Talet for studentar er eigen- og eksternfinansierte studentar i haustsemesteret. Faglege årsverk inkluderer fagleg-administrative leiarstillingar.
Kjelde: Database for statistikk om høgare utdanning
Effektiv drift og forvaltning av universitet og høgskular
Statlege universitet og høgskular hadde 55,4 mrd. kroner i driftsinntekter i 2023. Løyvinga over kap. 260, post 50 utgjorde 75 pst. av dette, med 41,5 mrd. kroner.
Avsetningar ved statlege universitet og høgskular
I 2021 blei det innført eit regelverk for avsetningar for statlege universitet og høgskular. Det er ikkje ei øvre grense på avsetningar til investeringar i til dømes vedlikehald og oppgradering av bygg, investeringar i utstyr o.a., men institusjonane må dokumentere planlagde investeringar overfor departementet. Dei kan ha avsetningar til andre formål enn investeringar, det vil seie til ulike strategiske satsingar, på inntil 5 pst. av løyvinga frå Kunnskapsdepartementet. Frå 2021 til 2023 er dei samla avsetningane av løyvingar frå Kunnskapsdepartementet reduserte med 943 mill. kroner. Ved utgangen av 2023 var dei på 3,4 mrd. kroner, ein reduksjon på 245 mill. kroner samanlikna med året før. 5,1 pst. var avsetningar til investeringar og 3,2 pst. avsetningar til andre formål. Ingen institusjonar hadde avsetningar til andre formål over grensa på 5 pst. Samla avsetningar utgjorde 8,2 pst. av løyvinga frå Kunnskapsdepartementet for institusjonane sett under eitt, men variasjonen mellom institusjonane er frå –5,6 til 37,5 pst., sjå tabell 4.15 i vedlegg 4.
Det er vesentleg å skilje mellom avsetningar og kapitalbehaldninga i Noregs Bank. For universiteta og høgskulane er store delar av bankinnskotet bunde opp i kortsiktige betalingsforpliktingar som leverandørgjeld, skuldig skattetrekk, feriepengar og mottekne forskot på oppdrag. Departementet vurderer derfor også likviditetsgraden til dei statlege universiteta og høgskulane. For 2023 viser rekneskapen at to institusjonar hadde låg likviditetsgrad, det var 15 med middels likviditet og fire med god likviditet. Departementet følger med på utviklinga.
Private høgskular
15 private høgskular fekk tilskot på til saman 2,2 mrd. kroner over Kunnskapsdepartementets budsjett i 2023. Dei hadde driftsinntekter på i overkant av 5,2 mrd. kroner, ein auke på 5,3 pst. frå 2022. Det samla årsresultatet for desse institusjonane var 370,5 mill. kroner i 2023, som er 308 mill. kroner meir enn i 2022. På bakgrunn av rekneskapane frå 2023 har fleirtalet av dei private institusjonane god eller middels god økonomi. Kunnskapsdepartementet vurderer at tre av dei 15 private institusjonane har svak økonomi, og departementet vil særskild følge med på utviklinga hos desse.
Studiepoeng per fagleg tilsett
Etter ein jamn reduksjon sidan 2014 gjekk talet på avlagde studiepoeng per fagleg tilsett opp i 2020. Deretter har talet gått noko ned igjen. I 2023 blei det avlagt 449 studiepoeng per fagleg tilsett, noko som er på om lag same nivå som i 2022. Til samanlikning blei det avlagt 509 studiepoeng per fagleg tilsett i 2014.
Rekruttering, kompetanse og karriere for tilsette ved universitet og høgskular
76,5 pst. av årsverka i undervisnings- og forskarstillingar i 2023 var i stillingar som krev doktorgrad eller tilsvarande kompetanse (førstestillingskompetanse). Dette er ein auke frå 75,8 pst. i 2022. Totalt var det 43 300 årsverk i sektoren, og av desse var 27 000 faglege årsverk og 10 600 administrative årsverk.
Frå 2022 til 2023 er delen mellombels tilsette i undervisnings- og forskarstillingar redusert frå 11,8 pst. til 11,1 pst. Dette er den lågaste delen mellombels tilsette dei siste åtte åra. Åremålsstillingar inngår ikkje i utrekninga. I andre stillingstypar er fleire fast tilsette, og prosentdelen mellombels tilsette var 10,4 pst. i 2023 når ein også inkluderer administrative stillingar og støttestillingar.
Budsjettforslag for 2025
Regjeringa foreslår å løyve til saman 46,4 mrd. kroner til universiteta og høgskulane over kap. 260, der 44,1 mrd. kroner er til statlege universitet og høgskular over post 50 og 2,3 mrd. kroner er til private høgskular over post 70. Det ligg til grunn ei prisjustering på 3,8 pst., tilsvarande som for andre 50- og 70-postar. Det er ein realnedgang på 1,3 pst. frå saldert budsjett 2024 og ein realvekst på 0,2 pst. frå saldert budsjett 2019, som var før dei mellombelse pandemitiltaka.
Forslaget omfattar ein reduksjon på 167,1 mill. kroner for å frigjere midlar til omprioriteringar innanfor det samla budsjettforslaget frå regjeringa, fordelt med 155,9 mill. kroner på statlege universitet og høgskular og 11,2 mill. kroner på private høgskular. Reduksjonen er som utgangspunkt fordelt mellom institusjonane i høve til storleiken på løyvinga. Det er gjort nokre justeringar slik at dei med mange søkarar, ein stor del studentar i helse-, lærar- og MNT-fag, høge EU-inntekter og høg tilslagsrate på søknader til Forskingsrådet får ein mindre reduksjon.
Kapasitet i høgare utdanning og forsking
Regjeringa foreslår til saman 118,5 mill. kroner for å vidareføre og trappe opp ordinære tildelingar til studieplassar i budsjetta for 2020–2024. Av dette er 113,9 mill. kroner til statlege universitet og høgskular og 4,6 mill. kroner til private høgskular.
Regjeringa foreslår 7,6 mill. kroner til 50 studieplassar i medisin for at fleire legar skal kunne utdannast i Noreg. Plassane blir fordelte med 15 studieplassar til Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet for tilbod i Ålesund og Levanger, 15 til Universitetet i Oslo for tilbod i Innlandet og 20 til Universitetet i Bergen for tilbod i Førde.
Regjeringa ser behov for at fleire veterinærar blir utdanna i Noreg og foreslår 1,5 mill. kroner til 10 nye studieplassar i veterinærmedisin ved Noregs miljø- og biovitskaplege universitet. Det kjem i tillegg til dei 10 nye studieplassane som kom i revidert budsjett for 2024.
Regjeringa foreslår 5,2 mill. kroner til 100 nye studieplassar i IKT. Plassane blir fordelte med 20 studieplassar til Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet, 20 til Universitetet i Oslo, 15 til OsloMet – storbyuniversitetet, 15 til Universitetet i Søraust-Noreg, 10 til Universitetet i Agder, 10 til Universitetet i Bergen og 10 til Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet.
Regjeringa foreslår 18,2 mill. kroner til institusjonane som har studentar som startar på fjerde og femte studieår i den nye femårige lærarutdanninga i praktiske og estetiske fag hausten 2025.
I 2024 blei kapasiteten i arbeidsplassbasert barnehagelærarutdanning auka med 100 plassar. Kunnskapsdepartementet tildelte midlane i 2024 over kap. 231, post 21. Frå 2025 foreslår departementet å flytte midlane til rammeløyvinga til universitet og høgskular. Midlane blir fordelte mellom Høgskolen i Innlandet, Høgskulen på Vestlandet, Nord universitet, OsloMet – storbyuniversitetet og Universitetet i Søraust-Noreg. Regjeringa foreslår òg å løyve nye 10 mill. kroner til institusjonar som kan auke kapasiteten i arbeidsplassbasert barnehagelærarutdanning i 2025 med 165 plassar. Midlane blir fordelte mellom Høgskolen i Innlandet, Høgskulen på Vestlandet, Nord universitet, OsloMet – storbyuniversitetet, Universitetet i Søraust-Noreg, Universitetet i Agder, Høgskulen i Volda, Dronning Mauds Minne Høgskole og Steinerhøyskolen. Den auka kapasiteten frå 2025 utgjer 40 mill. kroner fullt opptrappa i 2028. Utdanningsdirektoratet finansierer i dag arbeidsplassbasert barnehagelærarutdanning ved nokre institusjonar over kap. 231, post 21. Departementet vil vurdere å flytte også desse midlane til rammeløyvinga til universitet og høgskular når gjeldande avtalar går ut.
I 2024 løyvde Stortinget til saman 17 mill. kroner til Samisk høgskole til å styrke drifta, etablere ei samisk tolkeutdanning, utvide byrjaropplæringa i samisk språk og auke studietilbodet. Regjeringa foreslår å vidareføre den styrkte løyvinga med 15,4 mill. kroner.
Vidare foreslår regjeringa 15 mill. kroner til pilotutdanninga ved Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet i Bardufoss.
Løyvinga til universiteta og høgskulane blir redusert med 392,2 mill. kroner som følge av utfasing av mellombelse midlar til studieplassar frå Utdanningsløftet 2020, fordelt med 340,7 mill. kroner på statlege universitet og høgskular og 51,4 mill. kroner på private høgskular. Vidare blir løyvinga redusert med til saman 263,6 mill. kroner for dei 250 mellombelse rekrutteringsstillingane frå Utdanningsløftet 2020. Av dette er 231 mill. kroner for statlege universitet og høgskular og 32,7 mill. kroner for private høgskular.
Utdanning og forsking i heile landet
Regjeringa foreslår å auke løyvinga med 120 mill. kroner for å gjere utdanning tilgjengeleg for fleire gjennom å styrke det desentraliserte og fleksible tilbodet. Midlane blir fordelte dels ut frå i kva grad dei faste campusane kan styrke tilbodet i regionar med dårlegare tilgang til høgare utdanning, og dels ut frå omfanget av desentralisert undervisning. Institusjonar med mange studentar per faglege årsverk er prioriterte for å styrke det økonomiske handlingsrommet til desse institusjonane.
Resultatbasert utteljing i endra finansieringssystem for universiteta og høgskulane
Regjeringa la i utsynsmeldinga fram eit forenkla finansieringssystem for universiteta og høgskulane frå 2025. Ytterlegare detaljar blei presenterte i Prop. 1 S (2023–2024) for Kunnskapsdepartementet. Endringane gir institusjonane meir tillit, handlingsrom og ansvar for å prioritere og dimensjonere innanfor rammeløyvinga for å nå sektormåla og verksemdsmåla.
Frå og med 2025 er det gjennomførte studiepoeng, ein ny indikator for fullføring av studieprogram og doktorgradsindikatoren som har regelstyrt utteljing. I 2025 er det endringar i resultata frå 2022 til 2023 på desse indikatorane som utgjer grunnlaget for den regelstyrte utteljinga.
Forslaget omfattar ein reduksjon i resultatbasert utteljing på 201,1 mill. kroner som følge av lågare resultat på indikatorane i finansieringssystemet. Av dette er 187,6 mill. kroner ved statlege universitet og høgskular og 13,5 mill. kroner ved private høgskular. Indikatorane med lukka ramme er avvikla frå og med 2025 utan at rammeløyvinga er redusert som følge av det.
I utsynsmeldinga varsla regjeringa ei overgangsordning for studieplasstildelingar som ikkje har fått kandidatutteljing, og der det nye systemet vil innebere redusert finansiering. Regjeringa foreslår 161,5 mill. kroner til statlege universitet og høgskular og 23,3 mill. kroner til private høgskular i 2025. Dette kompenserer den delen av den forventa kandidatutteljinga som ikkje vil bli dekt gjennom auka studiepoengutteljing med dei nye satsane. Det meste av kompensasjonen er knytt til dei mellombelse studieplassane frå Utdanningsløftet 2020. Forenklinga av finansieringskategoriane gjer at nokre av desse vil få ein lågare resultatbasert sats for nedgangen i studiepoengproduksjonen enn det dei samla har fått for den opphavlege auken og gjennom overgangsordninga for kandidatutteljinga. For at overgangsordninga skal vere budsjettmessig nøytral, vil 63 mill. kroner av kompensasjonen bli fasa ut etter tre år.
Eigenbetaling for gjentak av beståtte eksamenar
Ein del studentar tek opp eksamenar dei allereie har bestått. Regjeringa er oppteken av god gjennomstrøyming og gjennomføring i høgare utdanning. Regjeringa foreslår derfor å endre reglane for eigenbetaling, slik at alle universitet og høgskular kan ta betaling for gjentak av beståtte eksamenar. Det kan innebere færre gjentak og reduserte kostnader for institusjonane. Institusjonane skal sjølve fastsetje nivå på eigenbetalinga, avgrensa til meirkostnaden ved gjentak av eksamen. Regjeringa foreslår å redusere løyvinga med 22,3 mill. kroner, som er eit anslag på inntekter frå eigenbetaling, fordelt med 18,4 mill. kroner på statlege universitet og høgskular og 3,9 mill. kroner på private høgskular. Fullt trappa opp i 2026 vil kuttet utgjere 44,6 mill. kroner.
Flytting av tilskotsmidlar til rammeløyvinga
I 2024 blei det flytta midlar frå kap. 272 og kap. 275 til rammeløyvinga til universitet og høgskular, som følge av avvikling av fleire søknadsbaserte ordningar i Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. Departementet varsla at ytterlegare midlar vil bli flytta ettersom pågåande prosjekt blir avslutta. Oppdaterte tal viser at midlane i 2025 er bundne opp i allereie inngåtte forpliktingar, men det vil bli frigjort midlar i seinare år som departementet tek sikte på å flytte til rammeløyvinga til universitet og høgskular i perioden 2026–2028.
Bygg for undervisning og forsking
Løyvingar til byggeprosjekt blir foreslått på Digitaliserings- og forvaltningsdepartementets budsjett. For ei nærare forklaring av løyving per kapittel og post for byggeprosjekta, sjå Prop. 1 S (2024–2025) for Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet.
Stortinget gav i 2024 startløyving til NTNU Campussamling. For å vidareføre prosjektet foreslår regjeringa å løyve 735 mill. kroner til bygging og utstyr i 2025. Vidare foreslår regjeringa 764 mill. kroner til bygging og utstyr til nytt vikingtidsmuseum og 3,3 mrd. kroner til bygging og utstyr til prosjektet Livsvitskapsbygget for 2025.
Stortinget vedtok i 2018 ein ny hovudmodell for å finansiere universitetsareal i nye sjukehusbygg. Den innebar mellom anna at husleigeutgiftene til universiteta skulle delfinansierast ved å trekke ut eit beløp frå helseføretaka tilsvarande utgifter til forvaltning, drift og vedlikehald i eksisterande bygg. Sjå nærare omtale i Prop. 1 S (2017–2018) for Helse- og omsorgsdepartementet. Stortinget har i samband med statsbudsjetta for høvesvis 2018, 2019 og 2020 slutta seg til at Universitetet i Oslo får 50 pst. kompensasjon for auka husleige i Radiumhospitalet. Universitetet i Bergen og Universitetet i Stavanger får 40 pst. for auka husleige i Nye Stavanger universitetssjukehus, og Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet får 50 pst. kompensasjon for auka husleige i Nye Hammerfest sjukehus. Regjeringa foreslår å auke løyvinga med til saman 11,4 mill. kroner for husleigekompensasjon til desse universiteta.
Stortinget gav i 2022 startløyving til Blått bygg ved Nord universitet. Nybygget var ferdig våren 2024. Rehabilitering av eksisterende bygg blir gjennomført i 2025, og regjeringa foreslår 72,7 mill. kroner i 2025 over Digitaliserings- og forvaltningsdepartementets budsjett, kap. 2445, post 33. Stortinget slutta seg til at Nord universitet får 75 pst. kompensasjon for auka husleige i dei nye lokala i Blått bygg. Regjeringa foreslår derfor å auke løyvinga med 16 mill. kroner. Brukarutstyrsprosjektet blir avslutta i løpet av 2025, og regjeringa foreslår derfor å fase ut 66,5 mill. kroner i 2025 og 12,3 mill. kroner i 2026 av rammeløyvinga til Nord universitet.
Andre saker
I 2023 slutta Stortinget seg til å innføre studieavgift for studentar utanfrå EØS og Sveits. Forslaget omfattar ein reduksjon på 80,7 mill. kroner i 2025 i siste halvårseffekt, fordelt med 74,4 mill. kroner til statlege universitet og høgskular og 6,3 mill. kroner til private høgskular. Samla sett inneber kuttet som følge av studieavgifta at rammeløyvinga er redusert med 322,6 mill. kroner.
Det blei i 2024 tildelt 20 mill. kroner til Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet (UiT) for å vidareføre infrastrukturen som er bygd opp gjennom miljøovervakingssystemet COAT. Regjeringa legg til grunn at tildelinga gjaldt for 2024, og foreslår derfor å ikkje vidareføre løyvinga i 2025. UiT må vurdere vidareføring av COAT innanfor rammeløyvinga.
Regjeringa foreslår å auke grunnløyvinga til matematikksenteret, naturfagsenteret, lesesenteret og skrivesenteret med 5 mill. kroner til kvart senter. Vidare foreslår regjeringa ytterlegare 1 mill. kroner til matematikksenteret og 1 mill. kroner til naturfagsenteret for å halde fram program for lærarutdannarar i matematikk og naturfag. Dette er oppfølging av tiltak i Meld. St. 34 (2023–2024) En praktisk skole. Bedre læring, motivasjon og trivsel på 5.–10. trinn som blei lagd fram for Stortinget 13. september 2024. Sjå nærare omtale i programkategori 07.20 Grunnopplæringa.
Departementet foreslår å styrke løyvinga til Noregs idrettshøgskole med 10 mill. kroner.
Universitetet i Oslo fekk 9 mill. kroner til arbeidet med Norwegian Internet Exchange (NIX) som ei eingongsløyving i 2024. Kunnskapsdepartementet foreslår derfor å redusere løyvinga med tilsvarande beløp i 2025.
Kunnskapsdepartementet foreslår å redusere løyvinga til Høgskolen i Innlandet og Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet med høvesvis 6,5 mill. kroner og 5,2 mill. kroner. Dette var eingongsløyvingar i 2024 til etableringskostnader for fysioterapiutdanning i Elverum og flyingeniørutdanning i Trondheim.
Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU) har fått tilskot av Utdanningsdirektoratet til matematikksenteret for å drifte matematikk.org. Departementet foreslår å legge midlane til rammeløyvinga til NTNU og vil derfor flytte 1 mill. kroner frå kap. 226, post 21 til kap. 260, post 50. Departementet foreslår også å flytte 5 mill. kroner til rammeløyvinga til NTNU på kap. 260, post 50 frå kap. 226, post 21 til finansiering av små utdanningar i spesialpedagogikk.
Regjeringa foreslår å flytte 0,4 mill. kroner frå kap. 260, post 50 til Finansdepartementets budsjett kap. 1605, post 01, som følge av at Høgskulen på Vestlandet har inngått avtale med Direktoratet for forvaltning og økonomistyring om levering av lønns- og personaltenester.
Departementet foreslår å redusere løyvinga til Noregs musikkhøgskole med 32 000 kroner som oppfølging av regjeringa sitt arbeid med avtalar om leige av meir effektive kontorareal i statlege verksemder.
Kap. 270 Studentvelferd
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2023 | Saldert budsjett 2024 | Forslag 2025 |
74 | Tilskot til velferdsarbeid o.a. | 81 994 | 87 305 | 90 867 |
75 | Tilskot til bygging av studentbustadar | 741 062 | 633 604 | 559 970 |
Sum kap. 270 | 823 056 | 720 909 | 650 837 |
Post 74 Tilskot til velferdsarbeid o.a.
Posten omfattar tilskot til det generelle velferdsarbeidet til studentsamskipnadene og tilskot til landsomfattande interesseorganisasjonar for studentar. Tilskota blir forvalta av Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse på vegner av Kunnskapsdepartementet. Tilskot til interesseorganisasjonar for studentar omfattar dei landsomfattande organisasjonane, ikkje studentorganisasjonar for særskilde interessegrupper eller fagområde.
Mål for 2025
Målet for tilskotet er god studentvelferd og studentorganisasjonar som er dyktige til å fremje studentane sine interesser. Velferdsarbeidet til studentsamskipnadene skal supplere det generelle velferdstilbodet elles i samfunnet og vere integrert i læringsmiljøet ved utdanningsinstitusjonane.
Resultat i 2023
Studentsamskipnadene har bidrege til studiekvaliteten gjennom tilbod og tenester som kan betre studiekvardagen. I 2023 hadde dei 14 studentsamskipnadene til saman om lag 275 000 medlemmer, og dei fekk eit samla tilskot på 63,1 mill. kroner til det generelle velferdsarbeidet, inkludert 4,1 mill. kroner til Studentinord sitt tilbod på Nesna. Å kunne tilby rimelege studentbustadar er det mest omfattande tenestetilbodet, men tilskotet har òg gått til velferdstilbod som kantine, trening, helsetenester, barnehage, rådgiving og sosiale, faglege og kulturelle tiltak.
Dei landsomfattande interesseorganisasjonane for studentar, Association of Norwegian Students Abroad, Norsk studentorganisasjon, Organisasjon for norske fagskolestudenter og Stipendiatorganisasjonene i Norge, fekk eit tilskot på til saman 16,9 mill. kroner. Tilskota har medverka til drift av organisasjonane og til å fremje interessene til studentane innanfor tema som utdanningskvalitet, studentøkonomi, bustadar, inkludering, karriererettleiing m.m.
Budsjettforslag for 2025
Departementet foreslår å løyve 90,9 mill. kroner på posten. Av løyvinga er 71,7 mill. kroner tilskot til velferdsarbeidet til studentsamskipnadene, og 0,6 mill. kroner går til Norges arktiske studentsamskipnad for å dekke drift av bustadane som ligg i rasutsett område i Nybyen på Svalbard. 18,5 mill. kroner er tilskot til landsomfattande studentorganisasjonar fordelte med:
Association of Norwegian Students Abroad: 11,1 mill. kroner.
Norsk studentorganisasjon: 4,2 mill. kroner.
Organisasjon for norske fagskolestudenter: 2,8 mill. kroner.
Stipendiatorganisasjonene i Norge: 0,4 mill. kroner.
Post 75 Tilskot til bygging av studentbustadar
Posten omfattar midlar til studentsamskipnadene, og i særskilde tilfelle studentbustadstiftingar, til kjøp, ombygging, oppføring og rehabilitering av studentbustadar. Studentbustadane skal vere eit supplement til den private bustadmarknaden. Kunnskapsdepartementet overfører forvaltninga av tilskotsordninga for bygging av studentbustadar til Husbanken frå og med 2025. Departementet har hatt på høyring endring i forskrifta om tilsegn til studentbustadar som inneber at Husbanken vil behandle søknader frå studentsamskipnadene og vedta fordelinga av tilsegn om tilskot. Endra forskrift tek til å gjelde 1. oktober 2024.
Mål for 2025
Rimelege og tilgjengelege bustadar for studentar.
Resultat i 2023
I 2023 gav Kunnskapsdepartementet tilsegn om tilskot til studentsamskipnader for å bygge 1 650 nye hybeleiningar. Det er i gjennomsnitt bygd i overkant av 1 400 nye studenthyblar årleg frå 2012, og samla sett 15 370 nye hyblar i perioden 2012–2023. I 2023 blei det ferdigstilt 752 nye hybeleiningar, og 371 blei oppgraderte. I 2023 var det til saman 43 613 hybeleiningar, og dekningsgraden for landet sett under eitt var 16,1 pst., ifølge tal frå Database for statistikk om høgare utdanning. Dekningsgraden varierer mellom studiestadane. Til dømes er dekningsgraden 13,6 pst. i Oslo og Akershus og 34,5 pst. på Ås. Det er ikkje eit mål å ha like stor dekningsgrad alle stadar, sidan behovet vil variere avhengig av tilbodet på den private leigemarknaden. Bygging av studentbustadar skal gi rimelege bustadar for studentar. Gjennomsnittleg husleige for ei einskild hybeleining i 2023 var 4 709 kroner.
Budsjettforslag for 2025
Regjeringa foreslår 1 650 nye tilsegner om tilskot til studentbustadar i 2025. Løyvinga på 560 mill. kroner skal gå til å dekke forventa utbetaling til studentbustadar som allereie er under bygging, og til nye tilsegner i 2025. Husbanken betaler som hovudregel ut midlane til eit studentbustadprosjekt over tre år.
I 2025 vil prisjustert tilskotssats vere 435 750 kroner i pressområda og 371 900 kroner utanfor pressområda. Kostnadsramma er prisjustert til 1 571 300 kroner og gjeld i heile landet.
Frå og med 2025 skal det i låneramma til Husbanken setjast ei eiga delramme for lån til å bygge studentbustadar på 2,1 mrd. kroner. Dersom etterspurnaden etter lån til studentbustadar ikkje er tilstrekkelg, kan midlane gå til andre låneformål i fjerde kvartal. Sjå òg Prop. 1 S (2024–2025) for Kommunal- og distriktsdepartementet, kap. 2412.
Departementet foreslår ei tilsegnsfullmakt på 832,5 mill. kroner knytt til posten, jf. forslag til vedtak IV nr. 1.
Kap. 271 Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2023 | Saldert budsjett 2024 | Forslag 2025 |
01 | Driftsutgifter | 123 104 | 121 439 | 135 052 |
21 | Særskilde driftsutgifter | 10 663 | 4 352 | 4 478 |
Sum kap. 271 | 133 767 | 125 791 | 139 530 |
Post 01 Driftsutgifter
Posten omfattar driftsutgifter for Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT), eit statleg forvaltningsorgan under Kunnskapsdepartementet. NOKUT er fagleg uavhengig på fleire område som gjeld ansvaret for akkreditering og tilsyn med kvaliteten i høgare utdanning og høgare yrkesfagleg utdanning. I tillegg har NOKUT forvaltningsoppgåver på vegner av departementet.
Mål for 2025
Norsk høgare utdanning og høgare yrkesfagleg utdanning har god kvalitet.
NOKUTs verkemiddel for ekstern kvalitetssikring er treffsikre og bidreg til utvikling.
Samfunnet er godt informert om kvaliteten i norsk høgare utdanning og høgare yrkesfagleg utdanning.
Resultat i 2023
Etter ei omfattande internasjonal evaluering fekk NOKUT i 2023 både fornya medlemskapen i European Association for Quality Assurance in Higher Education (ENQA) og vidareført registreringa i European Quality Assurance Register for Higher Education (EQAR). Godkjenningane gjeld for fem år. Dette er viktige milepælar og bidreg til at NOKUT framleis har eit godt omdømme internasjonalt, og til tilliten til kvaliteten i norsk høgare utdanning i utlandet. Medlemskapen i ENQA viser at NOKUT er eit godkjent kvalitetssikringsorgan i Det europeiske området for høgare utdanning som følger dei europeiske standardane og retningslinjene for kvalitetssikring av høgare utdanning (ESG). Registreringa i EQAR inneber at NOKUT er del av det offisielle registeret over kvalitetssikringsorgan som oppfyller ESG.
Eit stort omfang av søknader om akkreditering av nye fagskuleutdanningar og av meldingar om endringar i eksisterande utdanningar gjorde at NOKUT ikkje nådde tidlegare gjennomsnittleg saksbehandlingstid på mellom 10 og 15 veker for søknader om fagskuleutdanning i 2023. NOKUT har i 2023 arbeidd for å forenkle og effektivisere saksbehandlinga for å korte ned saksbehandlingstida, og det har hatt positiv effekt. NOKUT har prioritert søknader frå fagskular om fagområdeakkreditering, som kan redusere talet på søknader om akkreditering av einskildutdanningar. NOKUT fekk 20 søknader om fagområdeakkreditering i 2023 og gjorde vedtak om fem. Til saman sende fagskulane inn 101 søknader om akkreditering av fagskuleutdanningar i 2023. NOKUT gjorde 49 vedtak i 2023, og 25 av dei ga godkjenning. Av dei 49 vedtaka var 45 saker frå 2022 og fire frå 2023.
Det kom også fleire søknader om akkreditering av høgare utdanning i 2023 enn året før, mellom anna 21 søknader om akkreditering av master- og bachelorutdanningar (13 master- og åtte bachelorsøknader). I 2023 måtte NOKUT prioritere å ferdigbehandle søknader frå 2022, og gjorde i alt 14 vedtak. I 2024 har NOKUT starta behandlinga av 2023-søknader om akkreditering av bachelor- og masterutdanningar, i tillegg til nye søknader frå universiteta i Agder og Stavanger om akkreditering av profesjonsgrad i psykologi. Universitetet i Stavanger har i 2024 fått akkreditert studiet. NOKUT avlyste søknadsfristen våren 2024 for å ta unna søknader om akkreditering som kom i 2023.
I perioden 2017–2024 gjennomfører NOKUT den tredje runden av tilsyn med det systematiske kvalitetsarbeidet ved universitet og høgskular. I 2023 fullførte NOKUT tilsyn ved ti universitet og høgskular. Tre av høgskulane har fått vedtak om manglar i kvalitetsarbeidet og må rette opp i dette i 2024–25. NOKUT starta tolv nye tilsyn ved høgskular i 2023. NOKUT rapporterer at institusjonane bruker tida før dei periodiske tilsyna til å styrke kunnskapen om regelverket for arbeidet med kvalitetsutvikling. NOKUT arbeider òg med erfaringsdeling og rettleiing overfor institusjonane. NOKUT har førebudd den fjerde runden av det periodiske tilsynet, som tek til i 2025, og har varsla enklare prosessar for institusjonane, især det som gjeld dokumentasjonskrava.
I 2023 gjennomførte NOKUT økonomisk tilsyn ved éin fagskule og starta tilsyn med eitt høgare yrkesfagleg studieprogram. NOKUT starta òg nytt tilsyn av ein fagskule som hadde mista retten til å søke om akkreditering av nye yrkesfaglege utdanningar. Erfaringa generelt er at fagskulane har større behov for rettleiing, erfaringsdeling og oppfølging av regelverket for kvalitetsarbeidet enn universiteta og høgskulane.
Departementet har delegert oppgåva med økonomiske tilsyn med dei private høgskulane til NOKUT. NOKUT har kontrollert økonomiforvaltninga og arbeidet med samfunnstryggleik og beredskap ved dei statlege universiteta og høgskulane og andre verksemder under Kunnskapsdepartementet, og dette har gitt informasjonsgrunnlag til etatsstyringa av verksemdene.
NOKUT gjennomførte i 2023 undersøkingar blant studentar ved både fagskular og universitet og høgskular. Undersøkingane gir departementet, institusjonane, studentar og andre nyttig informasjon om kvaliteten i sektoren.
NOKUT har i 2023 også arbeidd med fleire oppdrag for Kunnskapsdepartementet og har bidrege med innspel og forslag til lov- og forskriftsendringar innanfor høgare utdanning og høgare yrkesfagleg utdanning.
Budsjettforslag for 2025
Departementet foreslår å løyve 135,1 mill. kroner på posten.
NOKUT mottek fleire søknader om akkreditering av studietilbod i høgare yrkesfagleg utdanning enn før. Auka arbeid med akkreditering kan gjere at NOKUT får mindre kapasitet til å føre tilsyn med fagskulane. Stortinget har vedteke å opne for institusjonsakkreditering i høgare yrkesfagleg utdanning, noko som vil gi NOKUT utvida oppgåver med akkreditering. Løyvinga er auka med 12,5 mill. kroner til arbeidet med tilsyn og akkreditering i høgare yrkesfagleg utdanning.
Frå og med 2025 flyttar Kunnskapsdepartementet ansvaret for studiebarometera for høgare utdanning og høgare yrkesfagleg utdanning og undervisarundersøkingane frå NOKUT til Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir). NOKUT blir med det meir reindyrka som fagleg uavhengig organ med oppgåver som akkreditering, tilsyn og evaluering av studiekvalitet.
NOKUT har hatt ansvaret for å kontrollere om underliggande verksemder i forskings- og høgare utdanningssektoren etterlever krava til tryggleik og beredskap. Departementet flyttar også desse oppgåvene frå NOKUT til HK-dir, og løyvinga er redusert med 1,5 mill. kroner mot ein tilsvarande auke av driftsløyvinga til HK-dir på kap. 256, post 01.
Departementet foreslår å redusere løyvinga til NOKUT med 94 000 kroner som oppfølging av regjeringa sitt arbeid med meir effektive kontorleigeavtalar for statlege verksemder.
Departementet foreslår at løyvinga på post 01 kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3271, post 02. Sjå forslag til vedtak II nr. 1.
Post 21 Særskilde driftsutgifter
Løyvinga over post 21 skal dekke særskilde driftsutgifter og utgifter til oppdragsverksemd og prosjektarbeid.
Resultat i 2023
Det blei i 2023 ført ei meirutgift på kap. 271, post 21 på 6,5 mill. kroner, som blir dekt av meirinntekta på kap. 3271, post 01, jf. meirinntektsfullmakta.
Budsjettforslag for 2025
Departementet foreslår å løyve 4,5 mill. kroner på posten, som kan overskridast mot tilsvarande meirinntekt på kap. 3271, post 01, jf. forslag til vedtak II nr. 2.
Kap. 3271 Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2023 | Saldert budsjett 2024 | Forslag 2025 |
01 | Inntekter frå oppdrag | 10 663 | 4 301 | 4 464 |
02 | Salsinntekter o.a. | 569 | 694 | 400 |
Sum kap. 3271 | 11 232 | 4 995 | 4 864 |
Løyvingane gjeld inntekter NOKUT får frå prosjektverksemd, kurs og konferansar.
Resultat i 2023
NOKUT har hatt lågare salsinntekter enn inntektsløyvinga gav rom for.
Budsjettforslag for 2025
NOKUT anslår at dei vil ha lågare salsinntekter framover, og departementet foreslår å nedjustere inntektsløyvinga på kap. 3271, post 02 med 0,3 mill. kroner. Lågare inntektsløyving på posten blir motsvart av tilsvarande nedjustering av utgiftsløyvinga på kap. 271, post 01.
Kap. 272 Tiltak for internasjonalisering og høgare utdanning
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2023 | Saldert budsjett 2024 | Forslag 2025 |
51 | Tiltak for internasjonalisering, kan overførast | 174 476 | 106 025 | |
52 | Tiltak for høgare utdanning, kan overførast | 406 276 | 147 276 | |
71 | Tilskot til tiltak for internasjonalisering, kan overførast | 100 111 | 172 829 | |
72 | Tilskot til tiltak for høgare utdanning, kan overførast | 105 535 | 52 105 | 156 808 |
Sum kap. 272 | 686 287 | 405 517 | 329 637 |
Post 51 Tiltak for internasjonalisering, kan overførast
Kunnskapsdepartementet foreslår å avvikle posten og samle løyvinga på post 71. Sjå omtale under post 71.
Resultat i 2023
Dei nasjonalt finansierte partnarskapsprogramma NORPART og UTFORSK er dei største tilskotsordningane som var finansierte over post 51 og post 71 i 2023. NORPART støttar langsiktig akademisk samarbeid og gjensidig studentutveksling mellom høgare utdanningsinstitusjonar i Noreg og utvalde partnarland i det globale sør. UTFORSK er eit sentralt verkemiddel i styrkinga av utdanningssamarbeid med dei prioriterte landa i Panorama-strategien (2021–2027). Løyvinga til dei to programma bidreg til at Noreg deltek aktivt i internasjonalt samarbeid innanfor høgare utdanning og forsking, til gode koplingar mellom forsking og høgare utdanning i arbeidet og til auka kvalitet i høgare utdanning. Det er stor interesse i sektoren for samarbeidsprogramma. Dei globale partnarskapane bidreg til å heve kvaliteten på utdanninga mellom anna ved å kople internasjonale utdanningsaktivitetar til forskingssamarbeid og gjennom samarbeid med arbeids- og næringslivet. I 2023 var studentmobiliteten i programma tilbake på eit høgt nivå etter pandemien.
Ordninga for Noregskunnskap i utlandet støttar norsk språkundervisning i utlandet gjennom fleire tilskotsordningar. Det har vore aktivitetar ved 36 universitet i 16 land i 2023. Delar av løyvinga har i 2023 vore nytta til ordningar for mobilitet i grunnopplæringa. Dette famnar tilskotsordningar for studieopphald i utlandet, mellom anna Trollstipend til fransklærarar og franskklassar.
Dei nordiske landa har ein avtale om å gi innbyggarane sine gjensidig tilgang til høgare utdanning, med ein fastsett kompensasjon mellom landa. I 2023 betalte Noreg 56,5 mill. kroner i samband med avtalen. Avtalen sikrar at norske søkarar til høgare utdanning i andre nordiske land blir behandla likt med nasjonale søkarar ved opptak. Det same gjeld andre nordiske statsborgarar som søker opptak til høgare utdanning i Noreg. I 2023 var det 2 500 norske heilgradsstudentar i andre nordiske land og 1 059 nordiske studentar i Noreg.
Delar av løyvinga har i 2023 gått til The U.S.–Norway Fulbright Foundation for Educational Exchange. Fulbright-programmet er eit stipendprogram som støttar særleg kvalifiserte søkarar til studium på mastergrads- og doktorgradsnivå i USA og tilsvarande studentar frå USA som vil studere i Noreg. I tillegg blir det gitt stipend til forskarar frå Noreg og USA. Til saman 26 nordmenn fekk stipend over dette programmet, 17 studerte på master- eller ph.d.-nivå, og 11 fekk forskarstipend. Samstundes fekk 39 amerikanske stipendmottakarar finansiert opphald i Noreg.
Post 52 Tiltak for høgare utdanning, kan overførast
Kunnskapsdepartementet foreslår å avvikle posten og samle løyvinga på post 72. Sjå omtale under post 72.
Resultat i 2023
Kvalitetsprogramma er ei samlenemning på program som er innretta mot kvalitet i høgare utdanning. Programmet Senter for framifrå utdanning (SFU) skal stimulere til innovative tilnærmingar til læring i høgare utdanning på bachelor- og masternivå. Gjennom meir enn 70 stipendiatar og postdoktorgradsprosjekt utviklar sentera ny kunnskap om kvalitet i høgare utdanning. Slik kunnskap bidreg til meir relevans og læring, og kan kome heile høgare utdanningssektoren til gode. Tre senter avslutta i 2023 etter fullført tiårsperiode. Åtte senter vil halde fram arbeidet sitt til noverande femårsperiode er avslutta.
Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) tildelte 199,6 mill. kroner til desentraliserte og fleksible utdanningar og studiesenter i 2023, fordelt på 34 studietilbod for fleksibel og desentralisert utdanning i fagskular, høgskular og universitet, og driftstilskot til 27 studiesenter. Tilskot til å utvikle fleksible og desentraliserte studietilbod og til studiesentera gav fleire tilgang på høgare utdanning og høgare yrkesfagleg utdanning. Studiesentera bidrog mellom anna til fleire tilbod innanfor profesjonsfaga gjennom innovative samarbeid mellom fagskular, universitet og høgskular, og utvikling av nye praksismodellar i distrikta.
Direktoratet tildelte 51,9 mill. kroner til bu- og reisestønad til helse- og sosialfagstudentar, og andre tiltak som støttar opp under kvalitet og kapasitet i praksis i kommunar som ligg langt frå campus. Midlane har bidrege til auka praksiskapasitet og til at kommunar som ikkje tidlegare har vore brukte som praksisarena, no blir det.
Rapportering frå institusjonane viser at det i 2023 var opptil 3 716 studentar som fekk bu- og reisestøtte for praksis langt frå campus.
Program for kunstnarleg utviklingsarbeid (PKU) har eit nasjonalt ansvar for å stimulere og legge til rette for kunstnarleg utviklingsarbeid i Noreg. PKU driv den nasjonale forskarskulen i dei skapande og utøvande kunstfaga og sluttførte i 2023 ei ekstern treårsevaluering av utdanningstilbodet. 130 stipendiatar er knytte til forskarskulen, og 19 stipendiatar disputerte i 2023. HK-dir var i august vertskap for eit sommarakademi for stipendiatar tilknytte doktorgradsprogram i Finland, Sverige og Noreg. 30 stipendiatar og rettleiarar deltok. HK-dir driv saman med Stockholms konstnärliga högskola det digitale tidsskriftet VIS – Nordic Journal for Artistic Research. Målet er å stimulere utviklinga av nordisk fagspråk og styrke den diskursive dimensjonen i kunstnarleg utviklingsarbeid. Tidsskriftet er godt etablert med to årlege utgåver, alle bidrag er vurderte av sakkunnige, og VIS er eit ope tilgjengeleg tidsskrift.
Lærebokordninga for høgare utdanning skal medverke til utvikling og meir bruk av norsk fagspråk. I 2023 tildelte HK-dir støtte til 89 av 112 søknader om lærebokutgivingar. Søknader på fagområde med stort domenetap til engelsk og bøker på samisk og nynorsk er ein prioritet i ordninga. Likevel fekk HK-dir få søknader innanfor desse fagområda. Størstedelen av lærebøkene som fekk støtte, skal også bli gitt ut digitalt.
Post 71 Tilskot til tiltak for internasjonalisering, kan overførast
Posten blir forvalta av Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Mål for 2025
Deltakinga til norske opplæringsaktørar i internasjonalt samarbeid bidreg til å oppfylle kvalitetsmål i grunnopplæringa.
Norske elevar og studentar tek del i eit internasjonalt læringsmiljø.
Budsjettforslag for 2025
Departementet foreslår ei samla løyving for post 71 på 172,8 mill. kroner. Av det er 4,3 mill. kroner ei flytting av tilskotsmidlar til UNESCO-formål frå Kunnskapsdepartementet til HK-dir, 73,4 mill. kroner ei flytting frå post 51 til post 71 som følge av samanslåing av postane og 9 mill. kroner ei flytting frå post 71 til post 72 for å sikre riktig løyving mellom dei to postane i 2025. Sjå òg omtale under kap. 256, post 01 og kap. 288, post 76.
HK-dir har hjelpt United World College (UWC) med å marknadsføre, nominere og ta opp elevar til UWC-skular i andre land. Desse oppgåvene skal organisasjonen United World College Noreg frå 2025 handtere sjølv. Departementet foreslår ei løyving på 0,4 mill. kroner til drift av organisasjonen. Dette kjem i tillegg til midlane som UWC får til utveksling av elevar.
Løyvinga går til følgande program og tiltak for internasjonalisering i utdanning:
programmet UTFORSK (oppfølging av Panorama-strategien)
den nordiske avtalen om gjensidig tilgang til høgare utdanning
tilskot til The U.S.–Norway Fulbright Foundation for Educational Exchange med 9,7 mill. kroner
ordninga Noregskunnskap i utlandet
prosjektetableringsstøtte Erasmus+
tilskot til internasjonalt samarbeid og utveksling i grunnskulen og den vidaregåande skulen
tilskot til United World College Norge med 6,9 mill. kroner (inkludert 0,4 mill. kroner til drift)
Det europeiske ungdomsparlamentet
Den norske UNESCO-kommisjonens tilskotsordning for UNESCO-formål
forplikta utbetalingar i ordningar og program som blei avvikla i 2024
forplikta utbetalingar i programmet NORPART, som blei ført vidare for budsjettåret 2024 men som ikkje blir ført vidare i 2025
Post 72 Tilskot til tiltak for høgare utdanning, kan overførast
Posten blir forvalta av Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Mål for 2025
Dei uteksaminerte kandidatane frå høgare utdanning er svært kompetente og dekker kompetansebehova i arbeidslivet og samfunnet.
Budsjettforslag for 2025
Departementet foreslår ei samla løyving for post 72 på 156,8 mill. kroner.
Av det er 93,9 mill. kroner ei flytting frå post 52 til post 72 som følge av samanslåing av postane og 9 mill. kroner ei flytting frå post 71 til post 72 for å sikre riktig løyving mellom dei to postane i 2025.
Løyvinga går til følgande program og tiltak retta mot høgare utdanning:
bu- og reisestøtteordning for studentar i helse- og sosialfag
lærebokordninga for høgare utdanning
støtteordninga for opne norskspråklege tidsskrift innanfor humaniora og samfunnsvitskap
utdanningskvalitetsprisen for høgare utdanning
tilskot til International Council for Open and Distance Education (ICDE) med 3 mill. kroner
tilskot til Aust-Finnmark kunnskapssenter med 2,5 mill. kroner i samband med tiltakspakke for Aust-Finnmark i perioden 2023–2026
forplikta utbetalingar i ordningar og program som blei avvikla i 2024
I Prop. 1 S for 2024 blei det varsla at regjeringa vil vurdere korleis den søknadsbaserte ordninga for studiesenter skal forvaltast framover, jf. Meld. St. 27 (2022–2023) Eit godt liv i heile Noreg – distriktspolitikk for framtida. Regjeringa har avgjort at ordninga framover skal forvaltast av Kommunal- og distriktsdepartementet. I løyvingsforslaget på posten inngår det derfor at 50 mill. kroner er flytta frå Kunnskapsdepartementets kap. 272, post 52 til Kommunal- og distriktsdepartementets budsjett. For nærare omtale, sjå Prop. 1 S (2024–2025) for Kommunal- og distriktsdepartementet, kap. 553, post 60 Kompetanse og arbeidskraft i distrikta.
Kap. 273 Kunnskapssektorens tenesteleverandør – Sikt
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2023 | Saldert budsjett 2024 | Forslag 2025 |
50 | Verksemdskostnader | 425 635 | 442 769 | |
Sum kap. 273 | 425 635 | 442 769 |
Post 50 Verksemdskostnader
Posten omfattar løyvinga til Sikt – Kunnskapssektorens tenesteleverandør, som er eit forvaltningsorgan med særskilde fullmakter under Kunnskapsdepartementet. Sikt er ansvarleg for felles digitale tenesteleveransar til kunnskapssektoren, legg til rette for deling og ombruk av data og arbeider for god informasjonstryggleik og personvern i kunnskapssektoren.
Mål for 2025
Kunnskapssektoren har god tilgang på infrastruktur og fellestenester av høg kvalitet.
Kunnskapssektoren deler data for auka kunnskapsutvikling, innovasjon og verdiskaping.
God informasjonstryggleik og godt personvern i kunnskapssektoren.
Resultat i 2023
Sikt leverer fellestenester, data og digital infrastruktur til ei stor gruppe institusjonar og brukarar i grunn- og vidaregåande opplæring, fagskule, høgare utdanning og forsking. Sikt forvalta i 2023 rundt 80 ulike produkt og tenester mellom anna innanfor studieadministrasjon, undervisningsstøtte, infrastruktur, forskingsdata, bibliotek, datadeling, tryggleik og personvern. Samstyringsmodellen for digitalisering i høgare utdanning og forsking skal sikre brukarmedverknad i produktutvikling og tenesteforvaltninga.
Sikt sørgde i 2023 for gjennomgåande solid drift og høg oppetid i tenestene dei leverer. Fellestenester til universitets- og høgskulesektoren utgjer hovudtyngda av verksemda, men talet på brukarar utanfor denne sektoren er òg aukande. Sikt og Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse har i 2023 sett i gang arbeidet med å modernisere det samordna opptakssystemet til grunnutdanningar ved universitet og høgskular, jf. nærare omtale i Prop. 118 S (2022–2023). Målet er at opptaket i 2026 blir gjennomført med den nye løysinga. Andre sentrale pågåande utviklingsprosjekt er Nasjonalt utdanningsregister, Nasjonalt vitenarkiv, modernisering av dei studieadministrative systema ved universitet og høgskular og oppgradering av det nasjonale forskingsnettet.
Sikt driftar cybertryggleikssenteret for forsking og utdanning, som er ei fellesteneste for betre å avdekke, analysere og handtere truslar mot informasjonstryggleik og personvern i høgare utdanning og forsking. Kapasiteten og aktiviteten til senteret vaks i 2023.
Sikt forvaltar òg statens eigarskap i Sigma2 AS, som har ansvar for investeringar og drift av dei største nasjonale superdatamaskinane. I dag er formålet med Sigma2 først og fremst å levere tungreknekraft til forsking.
Budsjettforslag for 2025
Departementet foreslår å løyve 442,8 mill. kroner på posten.
Av dette er 20 mill. kroner ein auke for å finansiere reknekraft frå Sigma2 til trening av språkmodellar hos Nasjonalbiblioteket. Sjå òg kap. 326, post 01 og 45 i Prop. 1 S (2024–2025) for Kultur- og likestillingsdepartementet der regjeringa foreslår å auke løyvinga til Nasjonalbiblioteket med 20 mill. kroner til å etablere ei eining for trening, oppdatering og tilgjengeliggjering av norske og samiske språkmodellar. Satsinga på språkmodellar er ei oppfølging av regjeringas nye nasjonale strategi for digitalisering, Vi bygger og trygger framtidas digitale Norge.
Noreg treng tungreknekraft til mellom anna forsking, miljøovervaking, vêrvarsel og beredskap, i tillegg til komande utvikling av kunstig intelligens. Noregs forskingsråd har analysert situasjonen og konkludert med at behovet for reknekraft aukar mykje raskare enn tilbodet. Regjeringa vil gi Forskingsrådet i oppdrag å greie ut kor mykje reknekraft Noreg vil trenge dei komande åra, behovet for og organisering av ein eventuell nasjonal infrastruktur for reknekraft til forsking, forvaltning og kunstig intelligens. Utgreiinga skal mellom anna vurdere investering i reknekraft hos Sigma2, investering i reknekraft gjennom samarbeidsavtalar med EU og eventuell investering i reknekraft frå andre leverandørar. Utgreiinga vil bli gjennomført og kvalitetssikra i tråd med krava i statens prosjektmodell. Etter utgreiinga vil Kunnskapsdepartementet ta initiativ til ei eventuell justering av vedtektene for Sigma2.
Av løyvinga er 140 mill. kroner andre års løyving til å oppgradere det nasjonale forskingsnettet. Nettet blir brukt av meir enn 150 organisasjonar. Investeringskostnadene skal betalast tilbake til statskassa, og regjeringa foreslår å inkludere rentekostnader på investeringsløyvinga. Det inneber at den årlege løyvinga til Sikt – Kunnskapssektorens tenesteleverandør frå og med 2025 blir redusert med 20,8 mill. kroner over den estimerte levetida til investeringa på 20 år, som Sikt skal dekke inn gjennom brukarbetalingar.
I den samla løyvinga på posten inngår òg 72,3 mill. kroner til investeringa i eit nytt IT-system for Samordna opptak. Det er sett ei kostnadsramme på 264,4 mill. kroner (per 2023). Løyvinga til utvikling av det nye systemet er forventa å vare ut 2027. Investeringa er berekna å gi gevinstar for sektoren i perioden 2027–2037. Regjeringa planlegg å hente ut delar av gevinstane frå og med 2027, tilsvarande 6,4 mill. kroner årleg. Dette skal skje ved ein reduksjon i løyvingane på kap. 260 Universitet og høgskular, kap. 273 Kunnskapssektorens tenesteleveranddør – Sikt og kap. 256 Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Sikt har fått midlar til arbeidet med sektorvist responsmiljø over kap. 275, post 21. I løyvingsforslaget inngår det å flytte 4,3 mill. kroner til kap. 273, post 50, mot ein tilsvarande reduksjon på kap. 275, post 21.
Regjeringa foreslår å flytte 0,7 mill. kroner til Finansdepartementets budsjett kap. 1605, post 01, som følge av at Sikt har inngått avtale med Direktoratet for forvaltning og økonomistyring om levering av lønn- og rekneskapstenester.
Kap. 274 Universitetssenteret på Svalbard
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2023 | Saldert budsjett 2024 | Forslag 2025 |
70 | Tilskot til Universitetssenteret på Svalbard | 161 645 | 168 386 | 184 099 |
Sum kap. 274 | 161 645 | 168 386 | 184 099 |
Post 70 Tilskot til Universitetssenteret på Svalbard
Posten omfattar tilskot til Universitetssenteret på Svalbard AS (UNIS). UNIS er eit statleg aksjeselskap underlagt Kunnskapsdepartementet. UNIS blei etablert i 1993 som ein høgare utdannings- og forskingsinstitusjon for å gi utdanning på universitetsnivå i arktiske studium og bidra til å utvikle Svalbard som internasjonal forskingsplattform.
Mål for 2025
Høg kvalitet i utdanning og forsking knytt til Svalbards plassering i eit høgarktisk område.
Resultat i 2023
UNIS har studietilbod på universitetsnivå som eit supplement til den undervisninga som blir gitt ved institusjonane på fastlandet. Den geografiske plasseringa gir spesielle fortrinn gjennom bruk av naturen som laboratorium og arena for observasjonar, innsamling og analyse av data. UNIS tilbyr einskildemne på bachelor-, master- og doktorgradsnivå og tek imot studentar frå heile verda. I 2023 hadde 619 studentar frå til saman 48 ulike nasjonar kortare eller lengre studieopphald ved UNIS. 46 pst. av studentane kom frå studieprogram ved norske universitet. Til saman blei det utført 197 studentårsverk ved senteret. Det er elleve færre enn i 2022. UNIS hadde 19 stipendiatar og tre postdoktorar i 2023. Tilskotet til UNIS blei nominelt vidareført frå 2022 til 2023, samstundes som kostnadene ved å drive undervisning og forsking på Svalbard steig. For å få budsjettet i balanse har UNIS mellom anna redusert studietilbodet med 20 plassar.
UNIS har dei siste åra brukt meir ressursar på å koordinere og organisere forskinga og dei faglege satsingane. I 2023 fekk UNIS midlar til fire prosjekt gjennom Noregs forskingsråd, og dei blei part i tre ulike prosjekt leia av høvesvis Norsk institutt for naturforsking, Norges Geotekniske Institutt og Norsk institutt for luftforsking. UNIS har også vore aktiv i eit EU-prosjekt om permafrost som omfattar 15 partnarar (ILLUQ Permafrost – Pollution – Health). Stipendiatar og studentar på masternivå ved UNIS fekk innvilga 36 Arctic Field Grant-søknader i 2023.
Budsjettforslag for 2025
Departementet foreslår å løyve 184,1 mill. kroner på posten. I revidert budsjett for 2024 fekk UNIS ei tilleggsløyving på 10 mill. kroner som følge av høgare kostnader ved å drive høgare utdanning og forsking på Svalbard. Regjeringa foreslår å vidareføre det auka tilskotet for at universitetssenteret skal kunne oppretthalde tilboda.
Kap. 275 Tiltak for høgare utdanning og forsking
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2023 | Saldert budsjett 2024 | Forslag 2025 |
21 | Særskilde driftsutgifter, kan overførast, kan nyttast under post 70 | 178 863 | 71 062 | 49 565 |
70 | Tilskot, kan nyttast under post 21 | 85 513 | 71 565 | 79 493 |
Sum kap. 275 | 264 376 | 142 627 | 129 058 |
Post 21 Særskilde driftsutgifter, kan overførast, kan nyttast under post 70
Løyvinga til ulike tiltak og prosjekt innanfor høgare utdanning og forsking kan nyttast under kap. 275, post 21 når midlane er til statlege aktørar, og under kap. 275, post 70 for tilskot til ikkje-statlege aktørar.
Delar av løyvinga kan nyttast til lønn og andre utgifter for tilsette i Kunnskapsdepartementet.
Mål for 2025
Høg kvalitet og samordning innanfor høgare utdanning og forsking.
Resultat i 2023
I 2023 blei midlane til partnarskapssamarbeid mellom lærarutdanningsinstitusjonane og skule- og barnehageeigarar vidareførte, og dette kvalitetssamarbeidet er no veletablert, med gode resultat. Praksissatsingane som regjeringa har støtta gjennom Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir), blei gradvis avvikla frå 2024, og midlane overførte til partnarskapssatsinga. Fagleg råd for lærarutdanning tok i 2023 fatt på eit nytt oppdrag og greier ut eit utvida praksisomgrep. Departementet støtta institusjonane sitt arbeid med å bygge opp den femårige lærarutdanninga i praktiske og estetiske fag med 2,5 mill. kroner.
I styringssystemet RETHOS blir det utvikla nasjonale retningslinjer for helse- og sosialfagutdanningane. Retningslinjene blir utarbeidde av programgrupper som departementet nemner opp. I 2023 har det vore 35 aktive programgrupper som alle tidlegare har utvikla retningslinjer for utdanningar på bachelor- og masternivå. I 2023 har det blitt jobba med både revidering av eksisterande retningslinjer og utvikling av tre nye retningslinjer, der arbeidet framleis er i prosess. Det var sett av 5,7 mill. kroner til oppgåva.
Kunnskapsdepartementet tildelte midlar over posten til HK-dir, som med det fekk kartlagt etterlevinga av krava til informasjonstryggleik og personvern i høgare utdanning og forsking, og har gitt råd om forbetringar til den einskilde verksemda. Sikt – Kunnskapssektorens tenesteleverandør fekk midlar for arbeidet med sektorvist responsmiljø, eit arbeid som har støtta verksemdene med å avdekke, analysere og handtere truslar mot informasjonstryggleiken og personvernet i høgare utdanning og forsking.
Den årlege tildelinga til Norsk utanrikspolitisk institutt (NUPI) over posten skal bidra til meir innsikt i og spreiing av informasjon om internasjonale forhold, særleg til barn og unge. NUPI har mellom anna arrangert seminar og konferansar, produsert podkastepisodar og hatt ei rekke skulemøte i 2023.
I 2023 løyvde Stortinget 53,7 mill. kroner til utvikling av eit nytt IT-system for Samordna opptak. Prosjektet Framtidas opptak har som mål å utvikle eit nytt, sikkert, påliteleg og framtidsretta IT-system for Samordna opptak. Arbeidet med utvikling starta i 2023 og held fram mot 2027. Utviklinga av det nye systemet skjer i samarbeid mellom Sikt og HK-dir, og løyvinga blir i 2024 flytta til høvesvis kap. 273, post 50 og kap. 256, post 21.
Departementet tildelte midlar til fleire evalueringar og utgreiingsoppdrag som har bidrege til eit betre grunnlag for å nå måla for posten, mellom anna den europeiske studentundersøkinga Eurostudent VIII, ekspertgruppe om universitetsakkreditering, undersøking blant arbeidsgivarar som har tilsett nyutdanna kandidatar frå fagskular, og evaluering av Nasjonale retningslinjer for helse- og sosialfagutdanningene (RETHOS).
Budsjettforslag for 2025
Departementet foreslår å løyve 49,6 mill. kroner på posten.
Midlane over kap. 275, post 21 skal gå til mellom anna følgande formål:
Utvikling av nasjonale retningslinjer for helse- og sosialfagutdanningane: 4,6 mill. kroner.
Norsk utanrikspolitisk institutt (NUPI), for å spreie forskingsbasert informasjon om internasjonale tilhøve, særleg til barn og unge: 6,2 mill. kroner.
Fagleg råd for lærarutdanning 2025: 0,9 mill. kroner.
I tillegg foreslår departementet midlar over kap. 275, post 21 til mellom anna å dekke kostnader ved å avvikle dei regionale forskingsfonda, den europeiske studentundersøkinga Eurostudent VIII, Samfunnsøkonomisk analyse av Erasmus+ og Horisont Europa, arbeidet med forskingsprisar og andre mindre tiltak.
Regjeringa foreslår 10 mill. kroner, høvesvis 5 mill. kroner over kap. 275, post 21 og 5 mill. kroner over Helse- og omsorgsdepartementets budsjett, til å utvikle infrastrukturane for behandling av sensitive data. Tiltaket skal bidra til sikker bruk av og betre tilgang til helsedata for forskarar og utviklarar, styrkt helseberedskap og kunnskap i kriser, og til nasjonal kontroll over tilgang til data.
Departementet foreslår ein reduksjon i løyvinga på 15 mill. kroner for å finansiere andre tiltak på Kunnskapsdepartementets budsjett.
Departementet foreslår å flytte 7,6 mill. kroner til kap. 256, post 01 og post 21 for å samle midlar til drift av HK-dir. Sikt har fått midlar til arbeidet med sektorvist responsmiljø over kap. 275, post 21. Departementet foreslår å flytte 4,3 mill. kroner til kap. 273, post 50 for å samle løyvinga til Sikt.
Departementet foreslår å flytte 1,7 mill. kroner til kap. 256, post 01 som følge av at sekretariatsoppgåva til styringssystemet Nasjonale retningslinjer for helse- og sosialfagutdanningane (RETHOS) har blitt flytta frå Kunnskapsdepartementet til HK-dir.
Post 70 Tilskot, kan nyttast under post 21
Mål for 2025
Høg kvalitet og samordning innanfor høgare utdanning og forsking.
Resultat i 2023
Universitets- og høgskolerådet (UHR) fekk tilskot til drift av verksemda, Komité for kjønnsbalanse og mangfald i forsking (Kif-komitéen), Det nasjonale publiseringsutvalet og Nasjonalt råd for lærarutdanning. I 2023 har UHR mellom anna gitt innspel om aktuelle saker frå regjeringa, som profesjonsmeldinga og forslag til endringar i universitets- og høgskulelova, og arrangert og delteke på konferansar og andre møteplassar for sektoren. Publiseringsutvalet har på oppdrag frå departementet greidd ut om publiseringsstatistikken og registeret over vitskaplege publiseringar. Kif-komitéen har mellom anna gitt råd til fleire institusjonar om EU-krav til handlingsplanar og mangfaldstiltak, leia ein arbeidspakke i Horisont WIDERA-prosjektet GENDERACTIONplus og formidla aktuell forsking og informasjon om kjønn og mangfald i akademia via kifinfo.no.
Midlane til Det Norske Videnskaps-Akademi, Det Kongelige Norske Videnskabers Selskap, Akademiet for yngre forskarar, Senter for grunnforsking og Forskningsinstituttenes fellesarena har bidrege til drift og arbeid for å fremje og formidle vitskap, mellom anna ved å organisere møte og symposium og gjennom vitskapleg publisering.
Løyvinga på posten har òg finansiert tiltak som Space Education 2.0 ved Andøya Space, kandidatundersøkinga ved Nordisk institutt for studiar av innovasjon, forsking og utdanning og tilskot til Høgskolesenteret i Kristiansund.
Budsjettforslag for 2025
Departementet foreslår å løyve 79,5 mill. kroner på posten.
Departementet foreslår følgande tilskot:
Senter for grunnforsking (CAS), inkludert Young CAS Fellow: 27,5 mill. kroner.
Universitets- og høgskolerådet, inkludert Kif-komiteen og Det nasjonale publiseringsutvalet: 22 mill. kroner.
Det Norske Videnskaps-Akademi: 11 mill. kroner.
Høgskolesenteret i Kristiansund: 6 mill. kroner.
Det Kongelige Norske Videnskabers Selskap: 3,8 mill. kroner.
Akademiet for yngre forskarar: 2,6 mill. kroner
UHR-lærarutdanning: 2 mill. kroner.
Forskningsinstituttenes fellesarena: 0,7 mill. kroner.
Andøya Space Education: 0,2 mill. kroner.
Departementet foreslår ein eittårig reduksjon på 3 mill. kroner i løyvinga til UHR som følge av store overføringar frå i fjor.
Kap. 3275 Tiltak for høgare utdanning og forsking
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2023 | Saldert budsjett 2024 | Forslag 2025 |
01 | Inntekter frå oppdrag | 10 | 10 | |
Sum kap. 3275 | 10 | 10 |
Kap. 284 Dei nasjonale forskingsetiske komiteane
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2023 | Saldert budsjett 2024 | Forslag 2025 |
01 | Driftsutgifter | 20 648 | 21 206 | 21 739 |
Sum kap. 284 | 20 648 | 21 206 | 21 739 |
Post 01 Driftsutgifter
Dei nasjonale forskingsetiske komiteane (FEK) er eit forvaltningsorgan under Kunnskapsdepartementet. Løyvinga dekker arbeidet i administrasjonen, granskingsutvalet og dei tre nasjonale forskingsetiske komiteane for høvesvis medisin og helsefag, samfunnsvitskap og humaniora, og naturvitskap og teknologi. Oppgåvene er fastsette i forskingsetikklova, som også slår fast at komiteane og utvala er fagleg uavhengige organ.
Mål for 2025
Forskarar og forskingsinstitusjonar fremjar etisk god og ansvarleg forsking.
Andre aktørar tek omsyn til forskingsetikk i arbeidet sitt.
Samfunnet har tillit til forsking.
Resultat i 2023
Riksrevisjonen konkluderte i 2021 med at dei statlege universiteta og høgskulane ikkje gjer nok for å sikre at forsking skjer i tråd med forskingsetikklova og forskingsetiske normer. FEK har i 2023 arbeidd vidare med å følge opp merknadene frå Riksrevisjonen, og har mellom anna utarbeidd ein rettleiar om institusjonane sitt ansvar for forskingsetikk. FEK har også revidert og ferdigstilt andre rettleiarar og gitt råd og drive formidling for at forskarar og forskingsinstitusjonar driv etisk god og ansvarleg forsking. Dei har bidrege i arbeidet med retningslinjer for ansvarleg internasjonalt kunnskapssamarbeid og det europeiske rammeverket for forskingsetikk. Ei anna prioritert oppgåve for FEK i 2023 har vore å belyse den sentrale rolla ph.d.- og studierettleiarar i forskingsmiljøa har, for å bidra til å skape ein god kultur for forskingsetikk ved institusjonane. Kunnskapsdepartementet erfarer at universiteta og høgskulane no er meir merksame på forskingsetikk enn før, og at institusjonane har fått på plass lovpålagde system for forskingsetikk. FEK har også i 2023 hatt meir merksemd på å ansvarleggjere andre aktørar i offentleg forvaltning og næringslivet om forskingsetiske normer, mellom anna ved å arrangere møteplassar og vere synlege i offentlege debattar om forskingsetikk.
Budsjettforslag for 2025
Departementet foreslår å løyve 21,7 mill. kroner på posten.
Kap. 285 Noregs forskingsråd
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2023 | Saldert budsjett 2024 | Forslag 2025 |
01 | Driftsutgifter | 804 120 | ||
21 | Særskilde driftsutgifter | 47 214 | ||
51 | Strategiske forskingsprioriteringar | 3 013 973 | ||
52 | Langsiktig, grunnleggande forsking | 1 795 114 | 1 769 145 | |
53 | Sektoroverskridande og strategiske satsingar | 1 981 124 | ||
54 | Forskingsinfrastruktur av nasjonal, strategisk interesse | 804 432 | ||
55 | Verksemdskostnader | 768 156 | 766 873 | |
71 | Strategiske forskingsprioriteringar, kan overførast | 2 950 898 | ||
72 | Langsiktig, grunnleggande forsking, kan overførast | 1 663 129 | ||
73 | Grunnløyving til samfunnsvitskaplege forskingsinstitutt | 253 626 | ||
75 | Avsetning til usikker framdrift | 500 000 | ||
Sum kap. 285 | 5 348 826 | 5 549 991 | 6 218 987 |
Noregs forskingsråd er ein sentral aktør i det norske forskings- og innovasjonssystemet og forvaltar viktige verkemiddel for å nå dei forskingspolitiske måla til regjeringa.
I tråd med sektorprinsippet for norsk statleg forskingsfinansiering, som inneber at kvart departement har ansvar for å finansiere forsking innanfor sine ansvarsområde, bidreg løyvingar frå mange departement til å nå dei måla regjeringa har sett for forskingspolitikken. Ei oversikt over tildelingane til Forskingsrådet frå departementa er lagd fram i del III, kap. 5.
Kunnskapsdepartementet har ansvaret for etatsstyringa av Forskingsrådet, og for at rådet når måla som er sette for verksemda. Eit felles styringssystem for Forskingsrådet samordnar styringssignala frå dei ulike departementa til Forskingsrådet.
Det er eit hovudprinsipp at prosjekt som mottar støtte gjennom det næringsretta verkemiddelapparatet, skal ha ein plass på vegen mot Noregs forpliktingar under Parisavtala og lågutsleppssamfunnet i 2050. Prinsippet omfattar også Kunnskapsdepartementets næringsretta tildelingar til Forskingsrådet. Vidare femnar prinsippet både prosjekt med nøytral effekt og prosjekt med positiv effekt på grøn omstilling og er til dømes ikkje til hinder for å støtte gode prosjekt i petroleumsnæringa.
Arbeidet med ny budsjettmodell
Kunnskapsdepartementet viser til tidlegare orienteringar til Stortinget om økonomisituasjonen i Noregs forskingsråd i Prop. 1 S (2021–2022) for Kunnskapsdepartementet, Prop. 115 S (2021–2022) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2022, Prop. 1 S (2022–2023) for Kunnskapsdepartementet, Prop. 21 S (2022–2023) Endringar i statsbudsjettet 2022 under Kunnskapsdepartementet og Prop. 1 S (2023–2024) for Kunnskapsdepartementet. I samband med behandling av statsbudsjettet for 2024, slutta Stortinget seg til at Forskingsrådet skal vere bruttobudsjettert frå og med 2025. Sjå nærare omtale av den nye budsjettmodellen for Forskingsrådet i del III, kap. 10.
I samband med innføring av bruttobudsjettering av Forskingsrådet, foreslår Kunnskapsdepartementet at løyvinga til verksemdskostnader blir budsjettert på kap. 285, post 01 for driftsutgifter og post 21 for særskilde driftsutgifter. Vidare foreslår departementet at løyvingar til tilskot gjennom Forskingsrådet på dei aktuelle kapitla blir budsjetterte på 70-postar. Endringane gjer at postbruken er i tråd med den statlege kontoplanen, og inneber at løyvingane til forskingsformål over Kunnskapsdepartementets budsjett vil vere over følgande postar i 2025:
kap. 201, post 70 Noregs forskingsråd – Forsking på utdanning og forsking
kap. 226, post 71 Noregs forskingsråd – Tilskot til vitensenter
kap. 285, post 01 Driftsutgifter
kap. 285, post 21 Særskilde driftsutgifter
kap. 285, post 71 Strategiske forskingsprioriteringar
kap. 285, post 72 Langsiktig, grunnleggande forsking
kap. 285, post 73 Grunnløyving til samfunnsvitskaplege forskingsinstitutt
kap. 285, post 75 Avsetning til usikker framdrift
Post 01 Driftsutgifter
Departementet foreslår å opprette ein ny post 01 som omfattar midlar til drift av Forskingsrådet, det vil seie alle løyvingar som ikkje går til FoU. Utgifter til å lyse ut forskingsmidlar, evaluere søknader, utvikle porteføljeplanar og liknande blir i hovudsak finansierte over denne posten. Det same gjeld utgifter til Forskingsrådets arbeid med rådgiving, møteplassfunksjon og særskild tenesteyting for alle departementa som tildeler forskingsmidlar gjennom Forskingsrådet. Nasjonale fag-, tema- og institusjonsevalueringar blir finansierte gjennom FoU-løyvingane frå det einskilde departementet.
Sjå omtale under kap. 285, post 55 for resultatrapportering for 2023.
Mål for 2025
Auka vitskapleg kvalitet.
Auka verdiskaping i næringslivet.
Handtere store samfunnsutfordringar.
Eit velfungerande forskingssystem.
God rådgiving.
Budsjettforslag for 2025
Departementet foreslår å løyve 804,1 mill. kroner på posten. Budsjettforslaget på posten inkluderer utgifter tilsvarande anslag for relevante inntekter til drift.
Forslaget vidarefører den styrkte løyvinga på 4 mill. kroner frå 2024 til arbeidet med omlegginga til ny budsjettmodell og å redusere risiko i overgangen til nytt budsjetteringsprinsipp. Forslaget inneber òg ei styrking på 0,7 mill. kroner i samband med at Forskingsrådet overtek oppgåva frå departementet med å foreslå kandidatar til dei regionale komiteane for medisinsk og helsefagleg forskingsetikk. Kunnskapsdepartementet skal framleis nemne opp medlemmane.
Forskingsrådet har på oppdrag frå Klima- og miljødepartementet gjennomført ei naturvitskapleg fagfellevurdering av fagsystemet for økologisk tilstand. Arbeidet er avslutta i 2024, og departementet foreslår å føre tilbake 1 mill. kroner til kap. 1420, post 21 på Klima- og miljødepartementets budsjett.
Departementet foreslår at løyvinga på post 01 kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3285, post 02. Sjå forslag til vedtak II nr. 1.
Post 21 Særskilde driftsutgifter
Departementet foreslår å opprette ein ny post 21 for særskilde driftsutgifter og utgifter til oppdragsverksemd.
Sjå omtale under kap. 285, post 55 for resultatrapportering for 2023.
Budsjettforslag for 2025
Departementet foreslår å løyve 47,2 mill. kroner på posten. Budsjettforslaget på posten inkluderer utgifter tilsvarande anslag for relevante inntekter.
Forskingsrådet fekk i 2024 i oppdrag å administrere arbeidsgivaransvar og fagleg oppfølging av ein nasjonal ekspert til Europakommisjonen DG Research and Innovation. Vidare fekk Forskingsrådet i oppdrag å følge opp mineralstrategien til regjeringa. Begge oppdraga skal halde fram, og departementet foreslår å flytte 2,6 mill. kroner frå kap. 920, post 72 og 5 mill. kroner frå kap. 920, post 70 frå Nærings- og fiskeridepartementets budsjett til kap. 285, post 21.
Forskingsrådet skal bidra til vidare framdrift og kontinuitet i samfunnsoppdraget om berekraftig fôr. 5 mill. kroner av løyvinga på posten skal gå til dette arbeidet, og mellom anna dekke sekretariatsfunksjonen som Forskingsrådet skal vere vertskap for og ein nasjonal konferanse om berekraftig fôr. Sjå nærare omtale i Prop. 1 S (2024–2025) for Nærings- og fiskeridepartementet, Prop. 1 S (2024–2025) for Landbruks- og matdepartementet, del III, og på kap. 5 i Prop. 1 S (2024–2025) for Kunnskapsdepartementet.
Forskingsrådet fekk 2 mill. kroner i 2024 til oppdrag for å følge opp tiltak i Nasjonal transportplan. Oppdraget skal halde fram, og departementet foreslår å flytte 2,1 mill. kroner til kap. 285, post 21 frå kap. 1301, post 50 på Samferdselsdepartementets budsjett.
Midlar til Teknologirådet og Kilden har vore løyvde gjennom Forskingsrådet over tilskotspostar under høvesvis Nærings- og fiskeridepartementet og Kunnskapsdepartementet. I samband med at Forskingsrådet blir bruttobudsjettert, skal midlane løyvast som særskilde driftsutgifter. Departementet foreslår å flytte 13,3 mill. kroner til drift av Teknologirådet frå kap. 920, post 70 på Nærings- og fiskeridepartementets budsjett og 6,6 mill. kroner til finansiering av Kilden frå kap. 285, post 52 til kap. 285, post 21. Nærings- og fiskeridepartementet vil framleis ha ansvaret for Teknologirådet.
Forskingsrådet skal bidra til gjennomføring av samfunnsoppdraget om å inkludere barn og unge. Kunnskapsdepartementet foreslår å overføre 0,5 mill. kroner frå Barne- og familiedepartementets kap. 846, post 21.
Løyvinga på post 21 kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter, jf. forslag til vedtak II nr. 2.
Post 51 Strategiske forskingsprioriteringar
Posten blei oppretta i statsbudsjettet for 2024 ved å slå saman tidlegare kap. 285, post 53 Sektoroverskridande og strategiske satsingar og post 54 Forskingsinfrastruktur av nasjonal, strategisk interesse.
Departementet foreslår å avvikle posten, og at løyvinga frå og med 2025 blir gitt over ny post 71. Sjå mål og budsjettforslag der.
Sjå omtale under kap. 285, post 53 og post 54 for resultatrapportering for 2023.
Post 52 Langsiktig, grunnleggande forsking
Kunnskapsdepartementet foreslår å avvikle posten, og at løyvinga blir gitt over ny post 72. Sjå mål og budsjettforslag der.
Resultat i 2023
Satsinga på langsiktig, grunnleggande forsking har medverka til at forskingssystemet har prioritert banebrytande forsking, og til at dei beste forskarane har fått høve til å drive framifrå forsking og utvikle forskarkarrieren sin. Norsk forsking hevdar seg betre i Europa enn tidlegare, men det er framleis potensial for fleire norske prosjekt frå Det europeiske forskingsrådet (ERC), ikkje minst i naturvitskap, livsvitskap og teknologi. Norsk artikkelproduksjon er generelt høg og held eit høgt siteringsnivå.
I 2023 blei to store fagevalueringar gjennomførte, ei innanfor biovitskap og ei innanfor naturvitskap. Hovudkonklusjonen er at kvaliteten på forskinga er jamt over god, men med store variasjonar mellom forskargrupper. Forskingsrådet har utvikla eit nytt vegkart for forskingsinfrastruktur.
For FRIPRO-ordninga er det gjort endringar frå éin årleg søknadsfrist til løpande mottak av søknader. Saman med innføringa av karantene skal det sørge for færre søknader og ein større grad av innvilgingar. Deling av vurderingskriteria for forskingskvalitet har vore formålstenleg for å skilje originalitet og kvalitet i vurderinga av søknadene til banebrytande forsking.
I 2023 mottok Forskingsrådet færre søknader om forskarprosjekt, særleg frå universiteta. Bakgrunnen var færre utlysingar. Det blei lyst ut midlar til forskarprosjekt for unge talent, men ikkje forskarprosjekt for fornying.
Sentera for framifrå forsking (SFF), totalt 32 aktive i 2023, bidreg til å styrke kvaliteten i norsk forsking. Ni nye SFF-ar starta opp i 2023. På grunn av ressurssituasjonen blei det ikkje gjennomført midtvegsevaluering av SFF-ar som planlagt i 2023.
Post 53 Sektoroverskridande og strategiske satsingar
I statsbudsjettet for 2024 blei posten avvikla, og midlane blei lagde til kap. 285, post 51.
Resultat i 2023
Løyvinga på posten har sørgd for ei god oppfølging av langtidsplanen for forsking og høgare utdanning. Midlane på posten har òg medverka til å gjennomføre langsiktige endringar i forskingssystemet. På grunn av den koordinerande rolla Kunnskapsdepartementet har i forskingspolitikken, har posten finansiert mange ulike område og aktivitetar i Forskingsrådets portefølje.
Stimuleringsordningar for auka deltaking i EUs rammeprogram for forsking og innovasjon, mellom anna Retur-EU, er døme på strategiske forskingssatsingar som treffer breitt. Ordningane legg til rette for at norske deltakarar har henta heim 3,29 pst. av dei konkurranseutsette midlane i forskings- og innovasjonsprogrammet Horisont Europa, godt over ambisjonsnivået på 2,8 pst. for heile programperioden. Dette utgjer om lag 12,7 mrd. kroner.
Andre døme på strategiske forskingssatsingar som har blitt finansierte over denne posten, er konkurranseutsette pengar til polarforsking, senter for forskingsdriven innovasjon (SFI) og forskingssenter for miljøvennleg energi (FME). I tillegg finansierer posten viktige satsingar som medverkar til nyskaping og verdiskaping frå forskingsinstitusjonane. Støtte gjennom programmet Forskingsdriven nyskaping – FORNY skal bidra til at forskingsresultata frå offentleg finansierte forskingsinstitusjonar, det vil seie universitet og høgskular, forskingsinstitutt og helseføretak, kjem til nytte og skaper verdiar i samfunnet. Universitets- og høgskulesektoren er gjennom universitets- og høgskulelova pålagd ansvar for at kunnskap blir teken i bruk, og for kommersialisering av idear frå forsking, ofte omtala som teknologioverføring.
Teknologioverføringsfunksjonen (TTO-funksjonen) omfattar tidlegfasearbeid med kommersialisering av forskingsresultat. Forskingsrådets støtte til tidlegfasekommersialisering frå utdannings- og FoU-institusjonane gjennom FORNY er viktig for å verifisere idear og prosjekt. TTO-funksjonsstøtta blei innført frå 2023, og erstattar ei tidlegare ordning som var avgrensa til dei ti største teknologioverføringskontora (TTO-ane). Formålet med endringa er at fleire forskingsinstitusjonar skal legge større vekt på kommersialiseringsarbeidet, for å fange fleire idear frå forskingsresultat og aktivere ei større fagleg breidde i nyskapingsarbeid. Forskingsrådet rapporterer om ei positiv utvikling i arbeidet i institusjonane, i form av aukande søknadsvolum, fagbreidde og kvalitet i kvalifiserings- og verifiseringssøknader.
Post 54 Forskingsinfrastruktur av nasjonal, strategisk interesse
I statsbudsjettet for 2024 blei posten avvikla, og midlane blei lagde til kap. 285 post 51.
Resultat i 2023
Løyvinga har sørgd for at norsk forsking og næringsliv har tilgang til relevant og oppdatert infrastruktur som støttar opp om forsking av høg kvalitet og medverkar til å møte kunnskapsutfordringar i samfunnet. Løyvinga har òg lagt til rette for norsk deltaking i felleseuropeiske forskingsinfrastrukturar og datainfrastrukturar. I 2023 utarbeidde Forskingsrådet eit oppdatert vegkart for forskingsinfrastruktur. Ordninga Nasjonal satsing på forskingsinfrastruktur (INFRA) lyser ut midlar annakvart år. I 2023 blei det lyst ut inntil 1,3 mrd. kroner på ordninga. Det kom inn 161 søknader.
Post 55 Verksemdskostnader
Kunnskapsdepartementet foreslår å avvikle posten og opprette nye postar 01 og 21. Sjå omtale under kap. 285, post 01 og post 21.
Resultat i 2023
Forskingsrådet bidreg til høg vitskapleg kvalitet i norsk forsking, som mellom anna viser seg ved meir gjennomslag i Horisont Europa. Forskingsrådet bidreg til meir verdiskaping i næringslivet gjennom å utløyse private investeringar i forsking og innovasjon. I tillegg kan Forskingsrådet vise til at dei i 2023 bidrog til utvikling av forskings- og innovasjonssystemet, mellom anna gjennom arbeidet med nasjonal forskingsinfrastruktur, open forsking, forskarrekruttering og involvering av innbyggarar og samfunnsaktørar i forskinga.
Forskingsrådet har nedbemanna og starta ein omstillingsprosess for å tilpasse verksemda til eit lågare nivå på verksemdskostnadene. Frå 2022 til 2023 reduserte dei utførte årsverk med 20 pst. Mange tilsette har fått ny plassering i organisasjonen og nye oppgåver. Arbeidet med å omstille verksemda held fram og inneber å ta i bruk nye digitale løysingar for å effektivisere den interne drifta og forbetre tilbodet til brukarane. Dei nye løysingane for å handtere utlysingar, søknader og oppfølging av prosjekt blei gradvis tekne i bruk våren 2024. Forskingsrådet har også sett i verk fleire tiltak for å gjere utlysing og søknadsbehandling meir effektiv. Ambisjonen er at fleire kvalifiserte søknader skal få støtte. Vidare har Forskingsrådet i 2023 ytterlegare teke ned kostnadene til konsulentbruk i kommunikasjonstenester.
Gjennom 2023 har Forskingsrådet arbeidd med porteføljestrukturen og ansvarsfordeling mellom porteføljestyra og styret, som ikkje lenger skal ta investeringsavgjerder. Frå og med 2024 er talet på porteføljestyre redusert frå 16 til 11. På oppdrag frå regjeringa har Forskingsrådet i 2023 arbeidd med den nye forskingssatsinga på digitale teknologiar, inkludert kunstig intelligens. Forskingsrådet har òg hatt sekretariatsansvaret for samfunnsoppdraga berekraftig fôr og inkludering av fleire barn og unge i utdanning og arbeids- og samfunnsliv.
Post 71 Strategiske forskingsprioriteringar, kan overførast
I tråd med statens kontoplan foreslår Kunnskapsdepartementet at løyvingar til tilskot gjennom Forskingsrådet skal gå over ny post 71, som erstattar tidlegare post 51 Strategiske forskingsprioriteringar.
Løyvinga skal støtte forsking med høg relevans og kvalitet på område som regjeringa prioriterer, og bidra til å oppnå måla og prioriteringane i langtidsplanen for forsking og høgare utdanning. Inkludert i dette er forskings- og datainfrastruktur av nasjonal strategisk interesse og støtte til internasjonalt forskingssamarbeid. Midlar på posten kan òg verke saman med midlar frå andre departement i ein startfase for å skape koordinerte endringar i forskinga for prioriterte samfunnssektorar. Samfinansiering skal vurderast jamleg for å følge opp forskingsprioriteringane til regjeringa.
Mål for 2025
Forsking med høg relevans og kvalitet som medverkar til å følge opp prioriteringane i Langtidsplan for forsking og høgare utdanning 2023–2032, jf. Innst. S. 170 (2022–2023) og Meld. St. 5 (2022–2023), og andre satsingar som regjeringa prioriterer.
Budsjettforslag for 2025
Kunnskapsdepartementet foreslår at posten blir budsjettert med ei årleg løyving med tilhøyrande tilsegnsfullmakt.
Løyvinga på posten skal dekke forventa utbetalingar i det gjeldande budsjettåret av tilsegner som Forskingsrådet allereie har inngått frå tidlegare år, og av nye tilsegner som kjem til utbetaling i budsjettåret. Kunnskapsdepartementet foreslår å løyve 3 mrd. kroner på posten. Av dette er 205,7 mill. kroner til nye tilsegner som venteleg kjem til utbetaling i 2025, og 2,7 mrd. kroner til å dekke tilsegner som er gitt tidlegare år, men som venteleg kjem til utbetaling i 2025.
Posten må budsjetterast med ei tilsegnsfullmakt fordi Forskingsrådet finansierer fleirårige forskingsprosjekt og treng fullmakt frå Stortinget til å kunne forplikte staten utover gjeldande budsjettår. Tilsegnsfullmakta skal vise statens uteståande forpliktingar på posten, det vil seie den delen av gitte tilsegner som enno ikkje er utbetalte, ved utgangen av budsjettåret.
Departementet foreslår ei tilsegnsfullmakt på 11,2 mrd. kroner knytt til posten, jf. forslag til vedtak IV nr. 1.
Tilsegnsramma for posten skal svare til summen av nye tilsegner som Forskingsrådet kan gi i budsjettåret. Det er tilsegnsramma som vil definere kor mykje ny aktivitet som kan setjast i gang i budsjettåret, ikkje løyvinga. Regjeringa sitt forslag til løyving og tilsegnsfullmakt gir ei tilsegnsramme for posten på 4,4 mrd. kroner.
Regjeringa foreslår å styrke forskinga på kvanteteknologi gjennom Noregs forskingsråd, slik at den årlege løyvinga på sikt blir 70 mill. kroner høgare enn dagens innsats. Av dette skal 30 mill. kroner kome over Kunnskapsdepartementets budsjett og 40 mill. kroner over Forsvarsdepartementets budsjett. Satsinga skal innrettast slik at det blir bygd opp solide nasjonale fagmiljø av høg internasjonal kvalitet, som vil kunne konkurrere og lykkast på andre arenaer. Tilskot til forskingsinfrastruktur kan inngå i ramma for satsinga. Som for alle nye forskingssatsingar tek det noko tid å trappe opp aktiviteten, og løyvinga for 2025 blir derfor foreslått auka med 1,5 mill. kroner, samstundes som tilsegnsfullmakta på posten blir foreslått auka med 107,2 mill. kroner i 2025 for å ivareta komande års opptrapping. Sjå også omtalen i kapittel 1700, post 72 i Prop. 1 S frå Forsvarsdepartementet.
Vidare foreslår regjeringa at løyvinga på posten skal gå til satsingar som følger opp prioriteringane i langtidsplanen for forsking og høgare utdanning, og som medverkar til sektoroverskridande forsking av strategisk interesse. Løyvinga vil òg gå til Retur-EU, ei ordning for å støtte opp om dei norske institutta si deltaking i EUs rammeprogram for forsking og innovasjon, Horisont Europa.
Midlane på posten skal òg gå til å finansiere Forskingsrådets ordning Nasjonal satsing på infrastruktur. I tillegg skal løyvinga finansiere følgande særskilde formål:
Norsk bidrag til dei internasjonale infrastrukturprosjekta CESSDA ERIC, ECCSEL, ERIC, Svalbard Integrated Arctic Earth Observing System, European Spallation Source og EISCAT.
Basisløyvinga til Sigma2 AS. Kunnskapsdepartementet foreslår at denne bli vidareført i 2025.
Post 72 Langsiktig, grunnleggande forsking, kan overførast
I tråd med statens kontoplan foreslår Kunnskapsdepartementet at løyvingar til tilskot gjennom Forskingsrådet skal gå over ny post 72, som erstattar tidlegare post 52 Langsiktig, grunnleggande forsking.
Kunnskapsdepartementet har eit særskilt ansvar for å finansiere forsking som ikkje er øyremerkt særskilde tema eller formål. Løyvinga over kap. 285, post 72 skal finansiere langsiktig, grunnleggande forsking, bidra til å betre den vitskaplege kvaliteten i forskingsmiljø eller på einskilde forskingsområde og bidra til å utvikle fagmiljø av framifrå kvalitet.
Mål for 2025
Langsiktig, grunnleggande forsking av høg kvalitet, uavhengig av fagområde.
Budsjettforslag for 2025
Løyvinga på posten skal dekke forventa utbetalingar i det gjeldande budsjettåret av tilsegner som Forskingsrådet allereie har gitt i tidlegare år, og av nye tilsegner som kjem til utbetaling i budsjettåret. Kunnskapsdepartementet foreslår å løyve 1,7 mrd. kroner på posten. Av dette er 128 mill. kroner til nye tilsegner som kjem til utbetaling i 2025 og 1,5 mrd. kroner til å dekke tilsegner som er gitt tidlegare år, men som kjem til utbetaling i 2025.
Posten må budsjetterast med ei tilsegnsfullmakt fordi Forskingsrådet finansierer fleirårige forskingsprosjekt og treng fullmakt frå Stortinget til å kunne forplikte staten utover gjeldande budsjettår. Tilsegnsfullmakta skal vise statens uteståande forpliktingar på posten, det vil seie den delen av gitte tilsegner som enno ikkje er utbetalte, ved utgangen av budsjettåret.
Departementet foreslår ei tilsegnsfullmakt på 6 mrd. kroner knytt til posten, jf. forslag til vedtak IV nr. 1.
Tilsegnsramma for posten skal svare til summen av nye tilsegner som Forskingsrådet kan gi i budsjettåret. Det er tilsegnsramma som vil definere kor mykje ny aktivitet som kan setjast i gang i budsjettåret, ikkje løyvinga. Regjeringa sitt forslag til løyving og tilsegnsfullmakt gir ei tilsegnsramme for 2025 for posten på 2 mrd. kroner.
Satsinga på langsiktig, grunnleggande forsking skal medverke til at dei beste forskarane får høve til å drive framifrå forsking. Løyvingane på posten må sjåast saman med løyvingane på kapittel 285, post 71 Strategiske forskingsprioriteringar. Løyvingane på desse to postane skal nyttast til å setje i gang breie, tematiske forskingssatsingar som er nødvendige for å løyse store samfunnsutfordringar, og til å sørge for at forskingssystemet har tilstrekkeleg med forskarinitiert forsking av høgaste kvalitet.
Kunnskapsdepartementet foreslår at 83,6 mill. kroner av løyvinga på posten går til å vidareføre det øyremerkte tilskotet til Simula AS.
Post 73 Grunnløyving til samfunnsvitskaplege forskingsinstitutt
I samband med overgangen til ny budsjettmodell for Forskingsrådet foreslår Kunnskapsdepartementet å redusere talet på kapittel og postar med løyvingar til forsking gjennom Forskingsrådet. Departementet foreslår i tråd med dette å flytte løyvinga frå tidlegare kap. 287, post 70 til kap. 285, ny post 73.
Kunnskapsdepartementet har det overordna ansvaret for politikken for forskingsinstitutta. Klima- og miljødepartementet, Kunnskapsdepartementet, Landbruks- og matdepartementet og Nærings- og fiskeridepartementet har i tråd med sektorprinsippet for forsking ansvaret for grunnløyvinga til dei 32 forskingsinstitutta som mottek statleg grunnløyving. Kunnskapsdepartementet står for grunnløyvinga til dei 17 samfunnsvitskaplege forskingsinstitutta. Dei driv i hovudsak forsking på felta arbeidsliv, velferd, energi og miljø, globale utviklingsutfordringar, helse, migrasjon, offentleg økonomi, regional utvikling, sosialpolitikk, utanriks- og tryggingspolitikk, og utdanning og innovasjon. Alle institutta har ein tverrfagleg profil.
Mål for 2025
Målet med den statlege grunnløyvinga er at Noreg skal ha ein sterk samfunnsvitskapleg instituttsektor som:
tilbyr næringsliv og offentleg sektor relevant kompetanse og forskingstenester av høg internasjonal kvalitet
bidreg til berekraftig utvikling og omstilling i nærings- og samfunnsliv, til liks med andre institutt som får statleg grunnløyving
Budsjettforslag for 2025
Departementet foreslår å løyve 253,6 mill. kroner på posten. I tillegg kjem grunnløyvinga til Chr. Michelsens Institutt på 21,9 mill. kroner. Denne løyvinga blir gitt over kap. 161, post 71 på budsjettet til Utanriksdepartementet. 5,6 mill. kroner av løyvinga på posten gjeld Norsk senter for berekraftig klimatilpassing (Nordapt) ved Vestlandsforsking i Sogndal.
10 pst. av grunnløyvinga til dei samfunnsvitskaplege institutta skal fordelast mellom institutta etter oppnådde resultat på dei indikatorane som er fastsette i retningslinjene for statleg grunnløyving til forskingsinstitutt og forskingskonsern.
Institutta skal nytte grunnløyvinga til langsiktig kunnskaps- og kompetanseoppbygging i samsvar med formålet til instituttet. Løyvinga skal mellom anna stimulere den vitskaplege kvaliteten til institutta, publisering, internasjonalisering og samarbeid. Innanfor desse rammene avgjer institutta sjølve bruken av grunnløyvinga, og i årsrapportane sine skal dei gjere greie for korleis midlane er nytta.
Post 75 Avsetning til usikker framdrift
I samband med overgangen til ny budsjettmodell for Forskingsrådet foreslår Kunnskapsdepartementet ein felles ny post 75 som skal handtere usikker utbetalingstakt. Løyvinga på posten skal dekke uventa meirutgifter som overstig løyvinga i budsjettåret på tilskotspostar til forsking under alle dei aktuelle departementa, utanom tilskotspostar for gjennomstrøymingsmidlar til forsking.
Mål for 2025
Løyvinga på alle postar for tilskot gjennom Forskingsrådet skal budsjetterast med det som er venta å bli kontant utbetalt i løpet av det gjeldande budsjettåret. Fordi ein del av dei avtalte utbetalingane av erfaring kan bli kansellerte eller forseinka i løpet av året, blir løyvingsforslaget per tilskotspost sett noko lågare enn summen av dei kontraktmessige forpliktingane som formelt kjem til forfall i budsjettåret. Løyvinga på posten skal dekke uventa meirutgifter som overstig løyvinga på tilskotspostar som følger av færre kanselleringar eller forseinkingar enn det som blei lagt til grunn for løyvinga på tilskotsposten. Budsjettposten skal dermed vere ein mekanisme som sikrar at Forskingsrådet har tilstrekkelege midlar til å utbetale inngåtte forpliktingar gjennom året.
Budsjettforslag for 2025
Departementet foreslår å løyve 500 mill. kroner på posten.
Departementet foreslår at løyvinga på posten kan omdisponerast til å dekke eventuelle meirutgifter på tilskotspostar til forsking under alle dei aktuelle departementa. Sjå forslag til vedtak III.
Kap. 3285 Noregs forskingsråd
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2023 | Saldert budsjett 2024 | Forslag 2025 |
01 | Inntekter frå oppdrag | 12 100 | ||
02 | Inntekter frå refusjonar o.a. | 11 900 | ||
Sum kap. 3285 | 24 000 |
Løyvinga på post 01 gjeld inntekter Noregs forskingsråd får frå oppdragsverksemd og gjeld på post 02 inntekter frå refusjonar o.a.
Kap. 286 Regionale forskingsfond
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2023 | Saldert budsjett 2024 | Forslag 2025 |
60 | Regionale forskingsfond, tilskot til forsking | 124 937 | ||
Sum kap. 286 | 124 937 |
Post 60 Regionale forskingsfond, tilskot til forsking
Kunnskapsdepartementets tilskot til dei regionale forskingsfonda blei avvikla i 2024. Ordninga blei oppretta i 2009, og utbetalingane tok til i 2010. I perioden 2010–2024 har Stortinget løyvd til saman om lag 2,8 mrd. kroner til dei regionale fonda. Fylkeskommunane kan etter avgjerd i Kunnskapsdepartementet nytte delar av eventuelle udisponerte fondsmidlar til å finansiere kostnadene til avvikling i 2024 og i åra etter. Tre fylkeskommunar har ikkje tilgjengelege midlar og har i 2024 fått midlar tildelte over kap. 275, post 21 til å dekke avviklingskostnadene.
Resultat i 2023
Dei regionale forskingsfonda har gitt fylkeskommunane høve til å prioritere forskingsinnsatsen sin ut frå dei føresetnadene og fortrinna regionen har. Rapporteringa frå fylkeskommunane viser at dei i høg grad har prioritert ulikt mellom søknadstypane som ordninga har omfatta. I 2023 gjekk 65 pst. av fondsmidlane til næringslivet. Resten av midlane fordelte seg på offentlege verksemder og forskingsinstitusjonar. Forsking innanfor bruksområda marin, miljø og industri fekk mest midlar i 2023.
Kap. 287 Grunnløyving til samfunnsvitskaplege forskingsinstitutt
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2023 | Saldert budsjett 2024 | Forslag 2025 |
57 | Grunnløyving til samfunnsvitskaplege forskingsinstitutt | 240 057 | ||
70 | Grunnløyving til samfunnsvitskaplege forskingsinstitutt | 245 303 | ||
Sum kap. 287 | 240 057 | 245 303 |
Post 70 Grunnløyving til samfunnsvitskaplege forskingsinstitutt
Kunnskapsdepartementet foreslår å avvikle kapittelet og posten, og at løyvinga blir gitt over kap. 285, ny post 73. Sjå mål og budsjettforslag der.
Resultat i 2023
Driftsinntektene til dei samfunnsvitskaplege institutta var litt under 1,8 mrd. kroner i 2023, om lag det same som i 2022. Halvparten av driftsinntektene kom frå Forskingsrådet.
Grunnløyvinga til desse institutta utgjorde 17 pst. av driftsinntektene deira, mot 16 pst. i 2022. 10 pst. av grunnløyvinga blei fordelt mellom institutta etter oppnådde resultat på dei indikatorane som er fastsette i retningslinjene for statleg grunnløyving til forskingsinstitutt og forskingskonsern.
Talet på forskarårsverk gjekk ned frå 837 årsverk i 2022 til 816 årsverk i 2023. Kvinner stod for 53 pst. av forskarårsverka i 2023. Av instituttgruppene med statleg grunnløyving hadde dei samfunnsvitskaplege institutta i 2023 høgast vitskapleg publisering per forskarårsverk og lågast del nasjonale oppdragsinntekter per forskarårsverk.
Tabell 4.24 Grunnløyvinga til dei samfunnsvitskaplege institutta
(1 000 kr) | ||
---|---|---|
Grunnløyving 20231 | Pst. endring frå 2022 (nominell) | |
Chr. Michelsens Institutt (CMI) | 20 191 | 6,0 |
Forskningsstiftelsen Fafo | 24 918 | 3,9 |
Fridtjof Nansens Institutt (FNI) | 8 898 | 2,6 |
Institutt for fredsforskning (PRIO) | 24 456 | 6,3 |
Institutt for samfunnsforskning (ISF) | 14 323 | 5,3 |
Møreforsking AS | 8 644 | 6,8 |
NORCE Norwegian Research Centre AS, samfunnsvitskapleg aktivitet | 35 445 | 3,3 |
Nordisk institutt for studier av innovasjon, forskning og utdanning (NIFU) | 18 672 | 5,1 |
Nordlandsforskning AS | 6 389 | 9,2 |
Norsk institutt for bærekraftsforskning AS (NORSUS) | 6 457 | 6,0 |
Norsk utanrikspolitisk institutt (NUPI) | 17 434 | 3,5 |
NTNU Samfunnsforskning AS | 14 718 | 6,4 |
Samfunns- og næringslivsforskning AS (SNF) | 8 609 | 4,7 |
Stiftelsen Frischsenteret for samfunnsøkonomisk forskning | 4 483 | 8,4 |
Stiftelsen SINTEF, samfunnsvitskapleg arena | 28 683 | 7,0 |
Telemarksforsking | 7 987 | 9,3 |
Vestlandsforsking | 5 289 | 6,8 |
Totalsum | 255 594 | 5,4 |
1 I tillegg kjem 32 mill. kroner i Retur-EU-midlar. Forskingsrådet tildeler midlane til dei institutta som når opp i konkurransen om prosjektmidlar frå EU. Institutta skal bruke midlane til langsiktig kunnskaps- og kompetanseoppbygging i tråd med Retningslinjer for statlig grunnbevilgning til forskningsinstitutter og forskningskonsern.
Kjelde: Noregs forskingsråd
Kap. 288 Internasjonale samarbeidstiltak
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2023 | Saldert budsjett 2024 | Forslag 2025 |
21 | Særskilde driftsutgifter | 49 118 | 10 322 | 14 121 |
72 | Internasjonale grunnforskingsorganisasjonar | 377 669 | 391 034 | 426 307 |
73 | EUs rammeprogram for forsking og innovasjon | 3 945 366 | 5 046 781 | 3 450 703 |
74 | EUs program for utdanning, opplæring, ungdom og idrett | 1 039 698 | 1 564 078 | 1 211 287 |
75 | UNESCO-kontingent | 23 610 | 26 374 | 24 365 |
76 | UNESCO-formål | 4 577 | 4 778 | 700 |
Sum kap. 288 | 5 440 038 | 7 043 367 | 5 127 483 |
Post 21 Særskilde driftsutgifter
Løyvinga går til internasjonalt samarbeid for å heve kvaliteten nasjonalt innanfor ansvarsområda til departementet, inkludert bilateralt samarbeid med prioriterte land. Løyvinga dekker mellom anna kontingenten til Senter for utdanningsforsking (CERI) og Global Science Forum under Organisasjonen for økonomisk samarbeid og utvikling (OECD). Mindre delar vil òg kunne nyttast til Noregs hus i Cité Internationale Universitaire de Paris (CIUP) og prosjekt i regi av Europarådet og FNs organisasjon for utdanning, vitskap, kultur og kommunikasjon (UNESCO).
Mål for 2025
Noreg deltek aktivt i internasjonalt samarbeid innanfor utdanning og forsking, og det er gode koplingar mellom forsking og høgare utdanning i arbeidet.
Resultat i 2023
Hovuddelen av løyvinga har i 2023 vore nytta til samarbeidsprogrammet INTPART – Internasjonale partnarskapar for framifrå utdanning, forsking og innovasjon. INTPART er eit av hovudtiltaka for å følge opp Panorama – strategi for høyere utdannings- og forskningssamarbeid med Brasil, Canada, India, Japan, Kina, Sør-Afrika, Sør-Korea og USA (2021–2027). Ordninga bidreg til etablering, bygging og vidareutvikling av strategiske partnarskapar av framifrå kvalitet gjennom støtte til koplingar mellom høgare utdanning, forsking og innovasjon. INTPART blir forvalta av Noregs forskingsråd i samarbeid med Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. Delar av løyvinga gjekk til finansieringa av teknologi- og kunnskapsutsendingar ved Innovasjon Noregs kontor i New Delhi, Rio de Janeiro og Tokyo. Ein del av løyvinga har i 2023 gått til Europarådets prosjekt The European Qualifications Passport for Refugees, og støtte blei også gitt til UNESCOs arbeid med den globale konvensjonen for godkjenning av kvalifikasjonar innanfor høgare utdanning. Det blei òg gitt ei løyving til UNESCOs mellomstatlege havforskingskommisjon (IOC). Løyvinga er støtte til havforskingskommisjonens koordinering av FNs havforskingstiår (2021–2030). Tiåret bidreg til auka havkompetanse både nasjonalt og internasjonalt, og norske forskingsmiljø deltek aktivt.
Budsjettforslag for 2025
Departementet foreslår ei samla løyving på posten på 14,1 mill. kroner for 2025. Midlane på posten skal mellom anna gå til særskilde prosjekt i internasjonale organisasjonar, til dømes i UNESCO og Europarådet, som er særleg retta mot å nå Noregs mål for internasjonalt forskings- og utdanningssamarbeid, mellom anna bidrag til å oppnå FNs berekraftsmål 4 om god utdanning til alle. I 2025 vil delar av løyvinga gå til UNESCOs Intergovernmental Oceanographic Commission. Delar av løyvinga skal også dekke kontingenten til dei internasjonale organisasjonane Centre International de Mathématiques Pures et Appliquées (CIMPA), European Quality Assurance Register for Higher Education (EQAR), CERI og Global Science Forum. I 2025 vil delar av løyvinga gå til arbeidet med å kartlegge sensitive fagområde og strategisk viktige teknologiar, som inngår i departementets arbeid med å legge til rette for ansvarleg internasjonalt samarbeid innanfor høgare utdanning og forsking. Løyvinga på posten går også til finansieringa av teknologi- og kunnskapsutsendingar ved Innovasjon Noregs kontor i New Delhi, Rio de Janeiro og Tokyo.
Kunnskapsdepartementet har tidlegare rammeoverført midlar til Utanriksdepartementet for kostnader knytte til spesialutsendinga for forsking og høgare utdanning i Moskva. Det er vedteke at stillinga ikkje skal vidareførast etter inneverande periode. Midlane skal derfor tilbakeførast til Kunnskapsdepartementet. Departementet foreslår å flytte 3,5 mill. kroner frå Utanriksdepartementets budsjett til kap. 288, post 21.
Post 72 Internasjonale grunnforskingsorganisasjonar
Løyvinga dekker norsk deltaking i Den europeiske organisasjonen for kjerneforsking (CERN), Det europeiske molekylærbiologiske laboratoriet (EMBL), Den europeiske konferansen for molekylærbiologi (EMBC), Det europeiske synkrotronstråleanlegget (ESRF) og Den internasjonale kreftforskingsorganisasjonen (IARC).
Mål for 2025
Medlemskapen i internasjonale grunnforskingsorganisasjonar skal medverke til global kunnskapsutvikling og til å nå overordna forskingspolitiske mål om høg kvalitet og internasjonalisering.
Resultat i 2023
Alle dei internasjonale grunnforskingsorganisasjonane Noreg deltek i, medverkar til global kunnskapsutvikling og driv verdsleiande forsking innanfor fagfelta sine. Medlemskapen i organisasjonane gjer det mogleg for norske forskarar å delta på linje med forskarar frå andre medlemsland og bidra til forsking av høg kvalitet.
Forskarane får kjennskap til ny teknologi og tilgang til ei rekke infrastrukturtenester, og dei held seg oppdaterte og bidreg i forskingsfronten. Gjennom kurs og opplæring, inklusive forskingsopphald, ved grunnforskingsorganisasjonane hentar norske forskarar heim kunnskap til nytte for det norske forskingsmiljøet. Medlemskap i desse organisasjonane bidreg òg til å utvikle det felleseuropeiske forskingsområdet. Noreg har delegatar som sit i dei styrande organa til organisasjonane.
I 2023 gjorde CERNs A Toroidal LHC ApparatuS-prosjektet (ATLAS) den beste presisjonsmålinga av Higgs-partikkelen nokon gong. A Large Ion Collider Experiment-prosjektet (ALICE) registrerte rekordmange kollisjonar; datavolumet auka med ein faktor på 1000. Partikkelakseleratoren Large Hadron Collider (LHC) skal byggast om i åra 2026–2028. Dei norske forskarane har laga instrument og detektorar for den nye LHC med høg lysstyrke. LHC blir såleis ein endå viktigare reiskap for forskarane fram mot 2040. Det nye besøkssenteret til CERN, Science Gateway, opna i 2023 og besøkstala er gode.
EMBL har etablert løysingar for kontrollert og sikker deling av humane genomiske data og koordinerer no fleire europeiske initiativ som gjer det mogleg for prosjekt i medlemslanda å bruke desse dataa på ein betre måte. Noreg er aktivt med i dette samarbeidet. EMBL er også sentral i Earth Biogenome Project, som mellom anna kan medverke til betre forvaltning av biologisk mangfald i tråd med FNs naturavtale. Traversing European Coastlines-ekspedisjonen (TREC) i regi av mellom anna EMBL, har som mål å studere økosystem langs europeiske kystar og responsen deira på miljøet, frå molekyl til samfunn. Ekspedisjonen starta i april 2023 og heldt på til slutten av juli 2024.
ESRF er no i full drift etter bygginga av den nye maskinen som gir meir enn 100 gongar betre kvalitet på synkrotronstrålen enn tidlegare. ESRF verkar som eit supermikroskop som kan filme plasseringa av og rørslene til atom i faste og levande materiale innanfor mange fagfelt, som kjemi, materialfysikk, arkeologi og kulturarv, biologi, medisin og miljøvitskap. Kvart år mottek ESRF 9000 vitskaplege besøk, og det blir publisert 2000 vitskaplege artiklar basert på resultata frå ESRF.
IARC har mellom anna nyleg produsert forsking som viser at éin einskild spesialutvikla HPV-vaksinedose verkar like beskyttande som tre dosar. Dette gjer det mogleg å beskytte langt fleire mot livmorhalskreft og andre skadelege effektar av HPV-viruset. Dette vil vere særleg viktig for låg- og mellominntektsland. I India er det berekna at ein vil kunne førebygge opptil 1 mill. tilfelle av livmorhalskreft blant jenter som no er under 10 år.
Budsjettforslag for 2025
Departementet foreslår å løyve 426,3 mill. kroner på posten. Kontingentane for dei einskilde medlemslanda blir fastsette ut frå ein avtalefesta utrekningsnøkkel der bruttonasjonalproduktet eller liknande er ein hovudfaktor. Kontingentkrava for 2025 er enno ikkje fastsette for alle organisasjonane. Budsjettforslaget for 2025 tek for dei fleste organisasjonane derfor utgangspunkt i dei kontingentane som blei vedtekne for 2024.
Tabell 4.25 Norske kontingentbidrag til internasjonale grunnforskingsorganisasjonar i 2025
Organisasjon | Kontingent i lokal valuta (i 1000) | 1 000 kr | |
---|---|---|---|
CHF | Euro | ||
Den europeiske organisasjonen for kjerneforsking (CERN) | 30 748 | 358 349 | |
Den europeiske konferansen for molekylærbiologi (EMBC) | 605 | 6 893 | |
Det europeiske molekylærbiologiske laboratoriet (EMBL) | 3 503 | 39 896 | |
Det europeiske synkrotronstråleanlegget (ESRF) | 1 100 | 12 530 | |
International Agency for Research on Cancer (IARC) | 759 | 8 640 | |
Forslag til løyving på kap. 288, post 72 | 426 308 |
Post 73 EUs rammeprogram for forsking og innovasjon
Løyvinga dekker Noregs kontingent til deltaking i EUs rammeprogram for forsking og innovasjon, Horisont Europa (2021–2027), og midlar til EUs tiltakspakke for gjenoppbygging etter covid-19-pandemien, Next Generation EU, som blir kanaliserte gjennom Horisont Europa. I tillegg dekker posten etterbetalingar for Horisont 2020 (2014–2020).
Mål for 2025
Høg kvalitet i norsk forsking og fleire framifrå og innovative miljø.
Auka verdiskaping, styrkt konkurranse- og innovasjonsevne og bidrag til omstilling, at Noreg kan handtere store samfunnsutfordringar betre og bidra til å nå berekraftsmåla og til ei berekraftig samfunnsutvikling.
Utvikling av forskings- og innovasjonspolitikken.
Nye samarbeidsmønster på tvers av landegrenser, sektorar og fag.
Resultat i 2023
Norske forskings- og innovasjonsmiljø, næringsliv, offentlege verksemder og helseføretak har per mai 2024 totalt henta heim 3,3 pst. av dei konkurranseutsette midlane i Horisont Europa, godt over ambisjonsnivået på 2,8 pst. for heile programperioden. Omrekna til norske kroner utgjer det om lag 12,7 mrd. kroner. Samla sett gir dette norske prosjektdeltakarar tilgang til prosjektmidlar til ein total verdi av 76 mrd. kroner. Heile 23,9 pst. av alle søknadene med norsk deltaking er innstilte til finansiering i Horisont Europa. Denne suksessraten ligg 6,6 prosenteiningar over snittet for alle søknadene til Horisont Europa og viser høg kvalitet på søknader med norsk deltaking. Noreg har fått aller mest midlar i klynge 5 Klima, energi og mobilitet, medan den høgaste returdelen er oppnådd i klynge 1 Helse. Det er institutta som har innhenta mest midlar så langt, etterfølgde av universiteta og høgskulane.
Budsjettforslag for 2025
Departementet foreslår å løyve 3,5 mrd. kroner på posten. Løyvingsbehovet for Noregs bidrag i 2025 er basert på Europakommisjonens budsjett for 2025. Endra valutakurs og lågare proporsjonalitetsfaktor gjer at løyvingsbehovet er redusert samanlikna med fjoråret.
Post 74 EUs utdannings-, opplærings-, ungdoms- og idrettsprogram
Løyvinga på posten dekker kontingenten for norsk deltaking i EUs program for utdanning, opplæring, ungdom og idrett, Erasmus+ (2021–2027), og kontingenten til Europeisk senter for utvikling av yrkesretta opplæring (Cedefop).
Mål for 2025
Målet med den norske deltakinga i Erasmus+ er styrkt kvalitet, relevans og attraktivitet i det norske utdanningssystemet og høgare kompetanse hos den einskilde deltakaren. Deltakinga skal bidra til å handtere store samfunnsutfordringar, eit styrkt samarbeid mellom utdanning, opplæring og arbeids- og samfunnsliv, og at fleire deltek i eit internasjonalt læringsmiljø. Det skal òg vere eit bidrag til utviklinga av politikk og rammevilkår.
Resultat i 2023
Erasmus+ skal bidra til å løyse viktige samfunnsutfordringar som berekraftig utvikling, inkludering og digital omstilling. Dette er tverrgåande prioriteringar i alle tiltak.
Norske aktørar deltek aktivt i dei ulike tiltaka i Erasmus+. Tre år ut i den sjuårige programperioden er fleire av måla i den norske strategien for deltaking i det europeiske utdanningssamarbeidet allereie nådd, og særleg gjeld det i grunnopplæringa.
Samla tildelte Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse i 2023 nær 210 mill. kroner til internasjonalt samarbeid gjennom Erasmus+ i grunnopplæringa. Tala syner at det er større interesse og eit jamt tilsig av institusjonar som er nye i programmet. Dette er i tråd med målet i Erasmus+ strategien om at programmet skal nå breitt ut. I grunnutdanninga bruker lokale styresmakter i større grad programmet strategisk til å auke kunnskaps- og kompetansenivået og til å betre samarbeidet mellom utdanning og arbeidsliv.
Når det gjeld mobilitet i grunnopplæringa, var det ein kraftig auke i talet på søkte og tildelte Erasmus+-mobilitetar frå 2021 til 2023.
Det er god søking til Erasmus+ også i høgare utdanning, og det har vore ein særleg sterk auke i søknader til samarbeidspartnarskap. I 2023 har mobilitetstala til Europa gjennom Erasmus+ i høgare utdanning gått noko ned i høve til 2022, men dei held seg framleis høgare enn før pandemien. Talet på innreisande studentar gjennom Erasmus+ steig i 2023 samanlikna med førre år, men ser ut til å flate noko ut.
Budsjettforslag for 2025
Departementet foreslår å løyve 1,2 mrd. kroner på posten. Løyvingsbehovet for Noregs bidrag i 2025 er basert på Europakommisjonens budsjett for 2025. Endra valutakurs og lågare proporsjonalitetsfaktor gjer at løyvingsbehovet er redusert samanlikna med fjoråret.
Post 75 UNESCO-kontingent
Løyvinga dekker den norske kontingenten til UNESCO, FNs organisasjon for utdanning, vitskap, kultur og kommunikasjon. UNESCO har i hovudoppgåve å medverke til fred og tryggleik ved å fremje internasjonalt samarbeid på fagområda til organisasjonen.
Mål for 2025
Norsk deltaking i UNESCO skal medverke til at UNESCO arbeider for ei god gjennomføring av og tek ei leiarrolle i koordineringa av FNs berekraftsmål nr. 4 om utdanning. Deltakinga skal medverke til at organisasjonen kan få eit betre kunnskapsgrunnlag for hav og klima, ikkje minst ved å ha ei leiande rolle i gjennomføringa av FNs havforskingstiår (2021–2030). I tillegg skal UNESCO verne og styrke verdas kultur- og naturarv, styrke presse- og ytringsfridommen og arbeide for meir open tilgang til forskingsresultat. I dei styrande organa til UNESCO har Noreg som mål å styrke resultatrapporteringa, å betre samarbeidet med andre relevante FN-organisasjonar og å konsentrere innsatsen der organisasjonen har dei største fortrinna.
Resultat i 2023
Berekraftsmåla (SDG-ane) og Agenda 2030 er førande for arbeidet til UNESCO. UNESCO har hovudansvaret for SDG 4 – utdanningsmålet – i FN. UNESCO arbeider kontinuerleg med tiltak knytte til berekraftsmål nr. 4: å sikre inkluderande, rettferdig og god utdanning og fremje høve til livslang læring for alle. UNESCO arbeider aktivt og systematisk med å implementere ein global konvensjon for godkjenning av kvalifikasjonar innanfor høgare utdanning, som Noreg var den første staten til å ratifisere. Konvensjonen tok til å gjelde 5. mars 2023, etter å ha nådd kravet om 20 ratifiserande medlemsstatar i desember 2022, og er det første globale normative dokumentet innanfor høgare utdanning frå UNESCO nokon gong.
UNESCOs 42. generalkonferanse blei arrangert hausten 2023. På generalkonferansen blei det vedteke ein historisk auke i UNESCOs budsjett for perioden 2024–2025, med grunnlag i at USA igjen har vorte medlem av organisasjonen. Generalkonferansen vedtok ei ny tilråding, Recommendation on Education for Peace, Human Rights and Sustainable Development. Tilrådinga legg grunnlaget for ei felles tilnærming til sentrale prinsipp og verdiar i utdanning og opplæring, og er ein revidert versjon av 1974-tilrådinga om utdanning for mellommenneskeleg forståing, samarbeid og fred.
Den mellomstatlege havforskingskommisjonen (IOC) leiar arbeidet med gjennomføring av FNs tiår for havforsking, der norske forskingsmiljø òg gir viktige bidrag. IOC har vidare gitt viktig kunnskap om samanhengen mellom tilstanden i hava og klimaendringar og kva havet har å seie for dei andre berekraftsmåla. Noreg er ei aktiv og tydeleg stemme for å verne om og fremje verdas kultur- og naturarv. Noreg følger opp UNESCOs arbeid og mandat for presse- og ytringsfridom. Saman med dei andre nordiske landa arbeider Noreg kontinuerleg med å gjere UNESCO meir effektiv og resultatorientert, og med å få innført eit meir kjønnsnøytralt språk og meir straumlinjeforma vedtaksstrukturar i organisasjonen.
Budsjettforslag for 2025
Departementet foreslår å løyve 24,4 mill. kroner til medlemskontingenten i UNESCO i 2025.
Post 76 UNESCO-formål
Løyvinga på posten går til arbeidet med UNESCOs skulenettverk Associated School Program Network (ASPnet).
Mål for 2025
Tilskotet skal understøtte den nasjonale koordineringa av UNESCOs skulenettverk ASPnet.
Resultat i 2023
Hovuddelen av løyvinga har i 2023 vore nytta til tilskotsordninga til Den norske UNESCO-kommisjonen. 24 ulike prosjekt fekk støtte frå tilskotsordninga i 2023.
Prosjekta låg innanfor satsingsområda til Den norske UNESCO-kommisjonen: presse- og ytringsfridom, berekraftig utvikling, immateriell kulturarv, verdsarv, dokumentarv og demokratiutvikling. Prosjekta er spreidde ut i Noreg, og ordninga har dermed medverka til å gjere ansvarsområda til UNESCO meir kjende i fleire delar av landet.
Ein del av løyvinga gjekk i 2023 til å sikre vidare støtte til UNESCOs skulenettverk, ASPnet. ASPnet er eit globalt nettverk av meir enn 12 000 utdanningsinstitusjonar i 182 land som arbeider for å fremje verdiane og måla til UNESCO, mellom anna delmål 4.7 i Agenda 2030 om utdanning for å fremje berekraftig utvikling. Det er over 60 medlemsskular i Noreg. FN-sambandet er nasjonal koordinator for ASPnet i Noreg.
Budsjettforslag for 2025
Kunnskapsdepartementet foreslår å løyve 0,7 mill. kroner på posten i 2025. Departementet foreslår å flytte administreringa av Den norske UNESCO-kommisjonens tilskotsordning for UNESCO-formål frå Kunnskapsdepartementet til Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir). I samband med det foreslår departementet å redusere løvyinga på posten med 4,3 mill. kroner mot ein tilsvarande auke på kap. 272. post 71.
Kap. 3288 Internasjonale samarbeidstiltak
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2023 | Saldert budsjett 2024 | Forslag 2025 |
04 | Refusjon av ODA-godkjende utgifter | 18 411 | 31 037 | 19 025 |
Sum kap. 3288 | 18 411 | 31 037 | 19 025 |
Løyvinga på post 04 gjeld refusjon av utgifter til UNESCO-kontingenten og kontingenten til FNs samarbeidsorganisasjon mot kreft (IARC), som etter statistikkdirektiva til OECD delvis blir definert som offentleg utviklingshjelp.
Kap. 289 Vitskaplege prisar
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2023 | Saldert budsjett 2024 | Forslag 2025 |
51 | Holbergprisen | 17 847 | 18 633 | 19 341 |
71 | Abelprisen | 17 330 | 18 093 | 18 781 |
72 | Kavliprisen | 11 853 | 12 375 | 12 845 |
Sum kap. 289 | 47 030 | 49 101 | 50 967 |
Dei internasjonale forskingsprisane til regjeringa blir delte ut for å anerkjenne framifrå vitskapleg arbeid og auke merksemda kring forsking i samfunnet.
Post 51 Holbergprisen
Mål for 2025
Formålet med Holbergprisen er å verdsetje banebrytande forsking innanfor humaniora, samfunnsvitskap, jus og teologi. Prisen skal skape merksemd i samfunnet om fagfelta og føre til interesse for dei blant barn og unge.
Resultat i 2023
I 2023 fekk professor Joan Martinez-Alier ved Institute of Environmental Science and Technology, Universitat Autònoma de Barcelona, Holbergprisen for framifrå forsking innanfor økonomi, politisk økologi og miljørelatert urett. Holbergprisen blir delt ut årleg av Universitetet i Bergen. Prisen er på 6 mill. kroner. I samband med Holbergprisen blir også Nils Klim-prisen delt ut. Nils Klim-prisen er ein pris til framifrå yngre forskarar i eller frå Norden innanfor dei same fagfelta som Holbergprisen omfattar. I 2023 gjekk prisen til den danske forskaren Simona Zetterberg-Nielsen, ved Aarhus Universitet, for forskinga hennar på romanens historie, narratologi og fiksjonalitet. Prisen er på 500 000 kroner. I tillegg til å dekke prisbeløpet til vinnarane blir løyvinga nytta til ulike arrangement i samband med priskomitéarbeidet og prisutdelinga og til aktivitetar som skal auke interessa for fagfelta blant barn og unge og i samfunnet elles. Holbergprisen i skulen er ein nasjonal forskarkonkurranse for elevar i vidaregåande skule innanfor humanistiske og samfunnsvitskaplege fag. Kvart år deltek 20 skular med omkring 1 000 elevar frå heile landet. I 2023 var det Oskar Hellesø-Knutsen frå Lillestrøm vidaregåande skule som vann Holbergprisen i skulen.
Budsjettforslag for 2025
Departementet foreslår å løyve 19,3 mill. kroner på posten.
Post 71 Abelprisen
Mål for 2025
Formålet med Abelprisen er å verdsetje banebrytande forsking innanfor matematikk. Prisen skal skape merksemd i samfunnet og auke interessa for matematikk blant barn og unge.
Resultat i 2023
I 2023 blei Abelprisen delt ut til Luis A. Caffarelli ved University of Texas i USA, for banebrytande bidrag til regularitetsteori for ikkje-lineære partielle differensiallikningar inkludert fri randverdiproblem og Monge–Ampère-likninga. Abelprisen blir delt ut årleg av Det Norske Videnskaps-Akademi (DNVA) og er på 7,5 mill. kroner. Løyvinga dekker prisbeløpet og fleire arrangement i samband med prisutdelinga og priskomitéarbeidet. Gjennom Abelprisen finansierer DNVA ei rekke tiltak som skal stimulere interessa for matematikk blant barn og unge. I 2023 nådde dei ei brei målgruppe frå grunnskule til vidaregåande skule og lærarar, gjennom støtte til mellom anna Matematikksenteret, Landslaget for matematikk i skolen (LAMIS) og Vektorprogrammet. I tillegg støttar DNVA mellom anna Abelkonkurransen for elevar i vidaregåande skule, Unge Abel lagkonkurranse for ungdomstrinnet, og Holmboeprisen, som årleg blir delt ut til éin eller fleire matematikklærarar.
Budsjettforslag for 2025
Departementet foreslår å løyve 18,8 mill. kroner på posten.
Post 72 Kavliprisen
Mål for 2025
Formålet med Kavliprisen er å anerkjenne banebrytande forsking innanfor astrofysikk, nanovitskap og nevrovitskap. Prisen skal skape merksemd i samfunnet om fagfelta og føre til internasjonalt samarbeid mellom forskarar.
Resultat i 2023
Kavliprisen er eit samarbeid mellom Det Norske Videnskaps-Akademi, The Kavli Foundation og Kunnskapsdepartementet. Kavliprisen blir delt ut annakvart år for framifrå vitskapleg arbeid innanfor fagfelta astrofysikk, nanovitskap og nevrovitskap. I 2023 blei ikkje prisen delt ut, men det blei gjennomført fleire internasjonale arrangement for å auke merksemda om prisen og stimulere til internasjonalt samarbeid.
Budsjettforslag for 2025
Departementet foreslår å løyve 12,8 mill. kroner på posten.
Programkategori 07.80 Utdanningsstøtte
Utgifter under programkategori 07.80 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2023 | Saldert budsjett 2024 | Forslag 2025 | Endring i pst. |
2410 | Statens lånekasse for utdanning | 54 301 028 | 58 139 343 | 62 786 669 | 8,0 |
Sum kategori 07.80 | 54 301 028 | 58 139 343 | 62 786 669 | 8,0 |
Inntekter under programkategori 07.80 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2023 | Saldert budsjett 2024 | Forslag 2025 | Endring i pst. |
5310 | Statens lånekasse for utdanning | 20 547 300 | 22 353 761 | 23 519 170 | 5,2 |
5617 | Renter frå Statens lånekasse for utdanning | 9 144 334 | 10 363 860 | 13 837 239 | 33,5 |
Sum kategori 07.80 | 29 691 634 | 32 717 621 | 37 356 409 | 14,2 |
Innleiing
Utdanningsstøtteordninga er ei velferdsordning som skal medverke til at alle har eit godt grunnlag for livsopphald under utdanninga, uavhengig av kvar dei kjem frå og kva for sosial eller økonomisk bakgrunn dei har. I studieåret 2023–24 fekk 432 000 elevar, lærlingar og studentar utdanningsstøtte. Samstundes betaler om lag 800 000 nordmenn tilbake på studielånet. Til saman er nær 22 pst. av befolkninga kundar i Lånekassen.
Utdanningsstøtta skal legge til rette for at elevar og studentar kan arbeide effektivt og med gode resultat, slik at samfunnet og arbeidslivet får tilgang på kompetanse. Arbeidslivet står overfor eit stort kompetansebehov, og det er venta at behovet vil auke. I dei komande åra møter det norske samfunnet fleire store utfordringar: ei aldrande befolkning, fallande fødselstal, utanforskap, og sentralisering i busetnadsmønsteret. Regjeringa vil i 2025 gjere endringar i utdanningsstøtteordningane slik at dei er betre tilpassa samfunnet i dag og i åra som kjem.
Følgande overordna mål for Kunnskapsdepartementet er særleg relevante for løyvingane under programkategori 07.80:
Kunnskap legg grunnlag for demokrati, velferd, omstilling og berekraft.
Samfunnet og arbeidslivet har tilgang på relevant kompetanse.
Kunnskapssektoren utjamnar sosiale og geografiske skilnader.
Kompetanseheving og livslang læring er meir tilgjengeleg for alle over heile landet.
Opplæring og utdanning som gir fleire relevant kvalifisering.
Hovudprioriteringar for 2025
Teknologiske endringar og det grøne skiftet fører til at innhaldet i nokre jobbar blir endra, og at nokre jobbar forsvinn. Det blir stadig viktigare at arbeidstakarar har tilgang på oppdatert kompetanse, og at arbeidsstyrken er omstillingsdyktig. Lånekassen er statens sentrale verkemiddel for å stimulere til etterspurnad etter utdanning, men utdanningsstøtteordningane har ikkje vore godt nok tilpassa vaksne arbeidstakarar som ønsker vidareutdanning. Dei siste åra er det gjennomført fleire endringar som gir større fleksibilitet og betre vilkår for at arbeidstakarar kan fylle på med kompetanse.
I 2025 vil Kunnskapsdepartementet lansere ei heilt ny låneordning: Kompetanselånet. Låneordninga er relevant for dei som vil kombinere arbeid med kortare utdanningstilbod, og som har behov for å kompensere for inntektsbortfall i ein periode. Ordninga vil ha ei høgare låneramme enn andre lån frå Lånekassen, utan stipenddel og med løpande rente. Departementet legg til grunn ein auke i løyvinga til nye utlån på 628 mill. kroner som følge av kompetanselånet.
Utdanningssystemet skal sørge for at samfunnet og arbeidslivet har tilgang på relevant kompetanse. Utdanning gjer den einskilde rusta til å møte arbeidslivet, men det er for mange studentar som ikkje fullfører heile utdanningsløp. Regjeringa ønsker å stimulere til at fleire skal fullføre graden dei byrjar på, og foreslår endringar i omgjeringa av lån til stipend frå studieåret 2025–26. Stipendomgjeringa vil framleis utgjere 40 pst. av lånet, men endringa inneber at ein større del av lånet blir omgjort til stipend på grunnlag av oppnådd grad.
I distrikta har bedrifter og verksemder særleg store problem med å rekruttere personar med nødvendig kompetanse. Det påverkar næringslivet i distrikta og moglegheita det offentlege har for å levere gode velferdstenester over heile landet. Regjeringa vil gjere det meir attraktivt å busetje seg og arbeide i mindre sentrale strøk. Departementet foreslår å etablere ei ny gjeldssletteordning for yrkesaktive personar med studielån som er busette i dei minst sentrale distriktskommunane. Gjennom ordninga vil dei som kvalifiserer, få sletta 25 000 kroner av studielånet kvart år, etter ein oppteningsperiode på 12 månader. Dei første av desse låntakarane vil kunne få innvilga sletting av gjeld i januar 2026. Samstundes vil regjeringa doble satsen i gjeldssletteordninga i tiltakssonen, frå 30 000 kroner, til 60 000 kroner.
Lånekassen er ei viktig finansieringskjelde til livsopphald
Like moglegheiter til utdanning
Utdanningsstøtta er ei viktig inntektskjelde for studentar og elevar som treng støtte for å ta opplæring eller høgare utdanning. Tal frå Lånekassen viser at om lag sju av ti studentar får lån og stipend frå Lånekassen. SSBs undersøking Studenters levekår frå 2021 viser at Lånekassen er hovudinntektskjelda for seks av ti heiltidsstudentar. Utdanningsstøtteordningane fungerer godt for dei fleste elevane og studentane, med eit høgt nivå på både lån og stipend samanlikna med andre land i Europa, i tillegg til fleksible mekanismar for tilbakebetaling og låge tal for misleghald. I takt med auken i talet på studentar ved universitet, høgskular og fagskular er det blitt fleire som får lån og stipend til utdanning, der talet har auka med om lag 34 000 kundar dei siste ti åra.
Dei siste åra har ulike ordningar i Lånekassen blitt styrkt betydeleg for å sikre at alle har like moglegheiter til å ta utdanning. Sidan studieåret 2022–23 har utstyrsstipendet blitt styrkt med over 90 mill. kroner, medan bortebuarstipendet har blitt styrkt med om lag 275 mill. kroner. For studieåret 2024–25 er basislånet på 151 690 kroner. Det er ein auke på 25 000 kroner sidan studieåret 2021–22. Endringa har gitt studentane 2 300 kroner meir i månaden. I forhold til utviklinga i grunnbeløpet i folketrygda (G) har det vore ein auke i nivået på basislånet i løpet av dei siste ti åra. I 2014–15 svarte basislånet til 1,11 G, medan det i 2024–25 er på 1,22 G.
Arbeid ved sida av utdanninga gir studentar viktig arbeidserfaring. Utdanningsstøtteordningane er innretta slik at heiltidsutdanning kan kombinerast med noko arbeid utan at ein får mindre stipend. Fleirtalet av studentane arbeider ved sida av utdanninga og har arbeid som er relevant for utdanninga. Tid brukt på betalt arbeid auka i 2021 og 2022, men stabiliserte seg i 2023, jf. Studiebarometeret til Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT) frå 2023.
Tabell 4.26 Hovudtal heiltidsstudentar i universitets- og høgskuleutdanning
Prosentdel studentar med jobb | 66 |
---|---|
Prosentdel studentar med arbeid fordi dei ønsker arbeidserfaring | 34 |
Prosentdel studentar med arbeid som er relevant for utdanninga | 58 |
Gjennomsnittleg tid brukt på betalt arbeid, alle studentar | 9,3 timar i veka |
Gjennomsnittleg tid brukt på betalt arbeid, studentar i arbeid | 14,3 timar i veka |
Kjelde: Studenters levekår 2021 og Studiebarometeret til NOKUT frå 2023
Oppretthalde kjøpekraft blant elevar og studentar
For å legge til rette for at studentane kan gjennomføre utdanninga på normert tid, bør nivået på utdanningsstøtta følge prisutviklinga på varer og tenester over tid. Departementet foreslår derfor å endre praksisen for prisjustering av lån og stipend frå studieåret 2025–26. Satsane for studieåret 2024–25 baserer seg på venta prisvekst for 2024, som vert fastsett hausten 2023. Departementet foreslår å ta høgde for eventuelle endringar i prisvekstanslaget så langt i 2024 og justere utdanningsstøttesatsane deretter. Endringa kan gjere at satsane blir justerte meir eller mindre enn det som er venta prisvekst i einskilde år, men dette skal gi ein meir treffsikker prisjustering over tid. Nytt anslag for prisvekst i 2024 er 0,1 prosenteiningar lågare enn då regjeringa la fram forslaget til statsbudsjett for 2024, medan venta prisvekst for 2025 er 3 pst. Regjeringa foreslår dermed å prisjustere utdanningsstøttesatsane for studieåret 2025–26 med 2,9 pst. Basislånet vil dermed bli 156 090 kroner.
Kundane har meir gjeld no enn tidlegare
Kundane i Lånekassen har meir gjeld no enn tidlegare. I 2023 var gjennomsnittleg gjeld etter avslutta utdanning 427 000 kroner. I 2013 var gjennomsnittleg gjeld 354 000 kroner (i 2023-kroner). Sjølv om gjelda gjekk noko ned frå 2022 til 2023, er gjelda i 2023 21 pst. høgare enn for ti år sidan. Ein del av auken kan forklarast med opptrappinga til elleve månader utdanningsstøtte og høgare låneramme til skulepengar for studentar i utlandet.
Det er få kundar som har problem med å betene gjelda. For purringar frå Lånekassen til kundar har det vore ein reduksjon frå om lag 7 pst. til om lag 4 pst. dei siste ti åra. I den same perioden er delen oppsagde lån redusert frå 5 pst. til under 3 pst. Samstundes auka delen oppsagte lån for første gong på ti år i 2023. Ein analyse frå Lånekassen viser at kundane med betalingsproblem ofte ikkje har teke høgare utdanning, men i større grad har fått støtte til grunnskuleopplæring eller vidaregåande opplæring, og har relativt låge studielån ved avslutta utdanning. Ein del av desse har ikkje nytta seg av betalingsutsetjingar eller andre sosiale ordningar dei kunne hatt krav på. Departementet har bedt Lånekassen arbeide vidare med tiltak som kan førebygge misleghald for desse gruppene.
Tiltak for å få ned betalingsproblem
Kunnskapsdepartementet foreslår å forbetre ordninga for kundar som ikkje klarar å betene gjelda si. Frå den dagen ein kunde lèt vere å betale terminbeløpet, blir det lagt til forseinkingsrenter på det uteståande beløpet. Dersom kundar i Lånekassen lèt vere å betale tre avdrag, blir lånet overført til Statens innkrevjingssentral (SI). I SI blir det lagt til forseinkingsrenter på heile lånet. Forseinkingsrentene i SI tilsvarer Noregs Banks styringsrente tillagt minst 8 prosenteiningar. For å få lånet tilbake hjå Lånekassen med ordinære renter må kunden ha betala uteståande avdrag, purringar og opptente forseinkingsrenter. Det kan bli så store beløp at det risikerer å gjere mellombelse betalingsproblem langvarige. Forslaget inneber at det ikkje lenger vil vere nødvendig å ha nedbetalt forseinkingsrentene for å få lånet tilbake i ein ordinær betalingsplan.
Stadig fleire avsluttar utdanninga med meir enn 1 mill. kroner i studiegjeld. Dei som har teke privat flygarutdanning har meir enn dobbelt så mykje gjeld som andre studentar i Noreg, og betydeleg meir gjeld enn dei som har teke utdanning i utlandet. Snittet på dei med over 1 mill. kroner i studiegjeld omfattar òg det fleirtalet som ikkje fullfører ei slik utdanning, og som då ikkje vil kunne bli flygar. Denne utdanninga skil seg vesentleg frå anna utdanning ved at det er mogleg å få svært høge lån frå Lånekassen fordi tilbydarane krev store summar i skulepengar. Departementet varsla i budsjettet for 2024 at innramminga av dette lånet ville bli vurdert fram mot 2025. No foreslår departementet endringar som tek høgde for dei utfordringane som har kome med det store skulepengelånet for denne utdanninga, og samstundes gjer lån og stipend til trafikkflygarutdanning meir lik dei ordningane som gjeld for andre utdanningar. Departementet foreslår at flygarutdanningar i EØS-landa som er på nivå med norsk høgare utdanning, skal kvalifisere til støtte frå Lånekassen. Vidare foreslår departementet å avvikle det utvida lånet til skulepengar for trafikkflygarutdanningar i Noreg. Nye studentar vil frå 2025 framleis kunne få lån og stipend til skulepengar i samsvar med det som blir gitt til alle andre utdanningar.
Kompetanse til samfunnet og arbeidslivet
Mange i arbeidslivet har ikkje råd til å ta etter- og vidareutdanning
Behovet for å veksle mellom arbeid og utdanning gjennom heile karrieren vil bli større framover. Den teknologiske utviklinga og det grøne skiftet fører til endra arbeidsoppgåver og nye yrke. Det er derfor viktig at noverande og framtidige arbeidstakarar og arbeidsgivarar har tilgang til oppdatert kompetanse. Mangel på arbeidskraft aukar også behovet for å mobilisere fleire av dei vaksne som verken er i jobb eller utdanning, inn i arbeidslivet. Redusert inntekt under utdanning kan føre til at fleire ikkje har råd til å vidareutdanne eller omskulere seg, jf. Meld. St. 14 (2022–2023) Utsyn over kompetansebehovet i Norge. Funn frå Studentenes helse- og trivselsundersøkelse i 2022 kan tyde på at eldre studentar har større problem med å handtere løpande utgifter enn yngre.
Utdanningsstøtteordningane i Lånekassen er ei viktig kjelde til livsopphald for dei som ønsker å kombinere arbeid med utdanning. Utdanningsstøtta fungerer ikkje godt som erstatning for arbeidsinntekt over ein kortare periode, jf. Meld. St. 14 (2022–2023). Ordningane i Lånekassen har i liten grad vore tilpassa behova til sysselsette med bustadlån og forsørgaransvar som tek utdanning. Slik ordningane er lagde opp i dag, kan ein mellom anna ikkje få lån og stipend til kortare utdanningar som varer under eitt semester.
Kompetanselån – Ny låneordning for vaksne i arbeid
Det er nødvendig med større fleksibilitet og betre vilkår for vaksne som har behov og motivasjon for å ta meir utdanning. Målet er at ordningane i Lånekassen skal vere meir relevante for vaksne som har behov for kompetansepåfyll gjennom arbeidslivet, spesielt dei som ikkje får dekt utgiftene til dette frå arbeidsgivaren.
Kunnskapsdepartementet vil utvide utdanningsstøtteordningane slik at kortare utdanningstilbod, som varer under eitt semester, ved universitet, høgskular og fagskular og tilpassa vaksne i arbeid, kan gi rett til lån. Med innføring av eit kompetanselån til livsopphald frå våren 2025 skal vaksne i slike tilbod få tilgang til ei ny låneordning utan stipenddel, med løpande rente. Lånet blir tilgjengeleg uavhengig av inntekta til den einskilde. Storleiken på lånet vil vere avhengig av omfanget av utdanninga i studiepoeng og ikkje av kor lang tid ein bruker på utdanninga, slik det er for den ordinære utdanningsstøtteordninga. Satsen vil utgjere 7 755 kroner per studiepoeng. Låneordninga vil også vere tilgjengeleg som eit alternativ for personar som tek lengre utdanning på deltid.
Utdanningsstøtta skal bidra til kompetanse i heile landet
Utdanning er nøkkelen til utvikling, innovasjon og omstilling. Utdanningssystemet er det fremste verkemiddelet myndigheitene har for å dekke kompetansebehovet i samfunnet. God tilgang på kompetanse er avgjerande for at bedrifter skal kunne skape verdiar, og for at offentlege verksemder skal kunne levere likeverdige tenester av høg kvalitet i heile landet. Det er til dels store skilnader i utdanningsnivå mellom sentrale strøk og distrikt. Dei som veks opp i distrikta, tek mindre utdanning og har svakare gjennomføring. Samstundes har utdanning på høgare nivå fleire sentraliserande verknader. Ungdommane frå distrikta søker seg i større grad til utdanning utanfor heimfylket enn unge frå universitetsbyane. Utdanningsinstitusjonane ligg i hovudsak i dei store byane, og kompetansearbeidsplassar blir ofte etablerte i dei store arbeidsmarknadene.
Regjeringa vil gjere det meir attraktivt å busetje seg og arbeide i distrikta. Dette skal bidra til god tilgang på kompetanse og skape levedyktige lokalsamfunn i heile landet. Regjeringa foreslår derfor å innføre ei ny ordning for sletting av studielån. Gjennom ordninga kan personar som bur i dei minst sentrale kommunane, få sletta 25 000 kroner av gjelda i året. Det vil bli stilt krav om at ein er yrkesaktiv, og ordninga har ei oppteningstid med krav om busetjing i 12 månader. Alle kommunane i sentralitetsklasse 5 og 6 i SSBs sentralitetsindeks vil vere omfatta av ordninga. Saman med opprettinga av den nye ordninga, vil regjeringa forbetre vilkåra i den eksisterande gjeldssletteordninga i tiltakssona betydeleg, frå 2026. Her vil den årlege satsen for gjeldssletting doblast, frå 30 000 kroner til 60 000 kroner.
Utdanningsstøtta skal bidra til effektive utdanningsløp
Utdanningssystemet skal sørge for at samfunnet og arbeidslivet har tilgang på relevant kompetanse. Då er det viktig at utdanningsstøtta stimulerer til effektive utdanningsløp. Det er for mange studentar som fell i frå studiane, og som ikkje fullfører heile utdanningsløp. At så mange studentar ikkje fullfører graden dei har begynt på, fører til eit betydeleg ressurstap for samfunnet og for den einskilde studenten. Medan samfunnet går glipp av kompetent arbeidskraft, går studenten glipp av framtidig arbeidsinntekt.
Regjeringa ønsker å legge til rette for velovervegde studieval i høgare utdanning, og å stimulere til effektive utdanningsløp. Målet er at flest mogleg skal kome raskt i gang med utdanninga, og ut i arbeid. Regjeringa foreslår derfor endringar i ordninga for omgjering av utdanningslån til stipend. Endringa vil styrke dei økonomiske insentiva for å søke seg til, og å fullføre heile gradsstudium. Med noverande ordning kan 25 pst. av basislånet gjerast om til stipend på grunnlag av gjennomførte studiepoeng, medan 15 pst. kan gjerast om på grunnlag av oppnådd grad. Endringa inneber at 25 pst. av basislånet kan gjerast om til stipend på grunnlag av oppnådd grad, medan 15 pst. kan gjerast om på grunnlag av gjennomførte studiepoeng. For dei som fullfører heile gradar vil ikkje tiltaket ha nokon praktisk verknad, og omgjeringa til stipend vil framleis utgjere 40 pst. av lånet.
Kap. 2410 Statens lånekasse for utdanning
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2023 | Saldert budsjett 2024 | Forslag 2025 |
01 | Driftsutgifter | 445 053 | 440 597 | 476 165 |
45 | Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast, kan nyttast under post 01 | 32 585 | 35 000 | 51 075 |
50 | Avsetning til utdanningsstipend, overslagsløyving | 8 453 775 | 9 079 641 | 9 222 790 |
70 | Utdanningsstipend, overslagsløyving | 3 723 062 | 4 139 022 | 4 116 162 |
71 | Andre stipend, overslagsløyving | 567 081 | 585 756 | 576 805 |
72 | Rentestøtte, overslagsløyving | 2 384 979 | 2 822 961 | 3 748 095 |
73 | Avskrivingar, overslagsløyving | 950 241 | 904 593 | 1 038 667 |
74 | Tap på utlån | 283 357 | 380 500 | 340 500 |
90 | Auka lån og rentegjeld, overslagsløyving | 37 460 895 | 39 751 273 | 43 216 410 |
Sum kap. 2410 | 54 301 028 | 58 139 343 | 62 786 669 |
Post 01 Driftsutgifter og post 45 Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast, kan nyttast under post 01
Statens lånekasse for utdanning (Lånekassen) er eit statleg forvaltningsorgan som tilbyr lån og stipend til utdanning i Noreg og utlandet. Løyvingane under kap. 2410, post 01 finansierer ordinære driftsoppgåver i verksemda. Løyvingane under post 45 finansierer større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, til dømes særskild IT-utvikling i Lånekassen.
Mål for 2025
Kunnskapsdepartementet har sett følgande mål for Lånekassen:
Like moglegheiter til utdanning gjennom finansiering av kompetansebehova til den einskilde og samfunnet.
Ein enklare kvardag for alle i utdanning og alle med utdanningslån.
Resultat i 2023
Lånekassen har sidan etableringa medverka til at høgare utdanning har vore tilgjengeleg for alle samfunnslag, og er ei velfungerande verksemd med fleire kundar enn nokosinne. Hovuddelen av søknadene om lån og stipend blir behandla maskinelt, noko som mellom anna skal sikre at kundane får lån og stipend til rett tid. Lånekassen er derfor heilt avhengig av eit velfungerande IT-system. IT-systema til Lånekassen er no over ti år gamle, og det er nødvendig å modernisere systema for å sørge for framleis god driftssikkerheit og auka fleksibilitet. KD har gitt Lånekassen i oppdrag å skaffe kunnskapsgrunnlag om moglegheitene for gjennomføring av ei slik modernisering av IT-systema for å ivareta behova til kundane også framover.
Lånekassen hadde 1,2 mill. kundar i 2023 og fekk 1 mill. søknader om utdanningsstøtte, betalingsutsetjing, sletting av renter og sletting av lån. Det har vore ein klar nedgang i kundar med betalingsproblem dei siste åra. Prosentdelen purringar og oppsagde lån har auka noko frå 2022 til 2023, men er framleis på eit lågt nivå. Kundar med oppsagde lån utgjer 2,8 pst. av alle som betaler tilbake på lånet sitt. Fleire tal og fakta om kundar og ordningar i Lånekassen finn ein i rapporten Utdanningsstøtten 2024 frå Lånekassen.
Lånekassen har fått føringar frå Kunnskapsdepartementet om å utvikle seg som fagdirektorat, og som ein del av dette arbeidet er det oppretta fagmiljø for regelforvaltning, analyse og ordningsutvikling.
Budsjettforslag for 2025
Departementet foreslår å løyve 476,2 mill. kroner på post 01 og 51,1 mill. kroner på post 45.
Departementet foreslår å auke løyvinga på post 01 med 13 mill. kroner som følge av forslaget om å opprette ei ny ordning for sletting av gjeld i utvalde distriktskommunar. Endringane i vilkåra for forseinkingsrenter aukar løyvingsbehovet på post 01 med 1,4 mill. kroner. Departementet foreslår vidare å auke løyvinga med 10 mill. kroner til forvaltninga av det nye kompetanselånet. Lånekassen deltar i prosjektet Fremtidens innkreving med fleire andre etatar. Løyvinga på post 45 aukast med 14,5 mill. kroner for IT-utvikling i samband med prosjektet. Sjå nærare omtale av prosjektet i Prop. 1 S (2024–2025) for Finansdepartementet.
Kap. 2410, post 50–90, kap. 5310 og kap. 5617
Løyvingane på desse kapitla og postane dekker dei ulike delane av utdanningsstøtteordningane til Lånekassen. Endringar i ordningane gjennom Lånekassen har som regel effekt på fleire budsjettpostar under kap. 2410, kap. 5310 og kap. 5617. Budsjettet for utdanningsstøtte blir derfor omtala samla. I tillegg blir dei einskilde postane omtala kvar for seg.
Mål for 2025
Dei overordna måla for programkategori 07.80 Utdanningsstøtte går fram av kategoriinnleiinga.
Resultat i 2023
Av dei 1,2 mill. kundane i Lånekassen i 2023 var 65 pst. tilbakebetalarar, medan 35 pst. var mottakarar av lån og stipend. Det har vore ein jamn auke i tilbakebetalarar dei siste ti åra.
Den samla tildelinga av utdanningsstøtte for studieåret 2023–24 var på 39,9 mrd. kroner. Av dette blei 4,6 mrd. kroner betalt ut som stipend, sjå fordelinga på dei ulike stipendformene i tabell 4.27. Resten blei betalt ut som lån.
I kalenderåret 2023 blei 4,3 mrd. kroner betalt ut som stipend. I tillegg blei 8 mrd. kroner gjort om frå lån til stipend under konverteringsordninga. Dei samla stipendutgiftene i 2023 blei dermed 12,3 mrd. kroner.
I tabellane under er det gitt ei oversikt over utviklingstrekk i hovudtala for mottakarar av lån og stipend og tilbakebetalarar i Lånekassen.
Tabell 4.27 Hovudtal for tildeling til elevar i vidaregåande opplæring med ungdomsrett
2020–21 | 2021–22 | 2022–23 | 2023–24 | |
---|---|---|---|---|
Tal på elevar/lærlingar i vidaregåande opplæring1 | 243 041 | 248 041 | 249 584 | 249 912 |
Tal på elevar/lærlingar med ungdomsrett | 216 486 | 216 525 | 218 078 | 219 838 |
Tal på mottakarar av lån og stipend med ungdomsrett | 163 595 | 164 888 | 165 713 | 169 478 |
Sum stipend (i mill. kroner) | 2 105 | 2 082 | 2 085 | 2 375 |
Gjennomsnittsstipend (i kroner) | 12 895 | 12 648 | 12 603 | 14 044 |
Sum lån (i mill. kroner) | 232 | 172 | 156 | 144 |
Gjennomsnittslån (i kroner) | 33 1522 | 29 997 | 30 462 | 32 673 |
1 Talet er henta frå SSB og syner alle elevar og lærlingar i vidaregåande opplæring.
2 Auka gjennomsnittslån kjem i hovudsak av tilleggslån for våren 2021 og innføringa av tilleggslån for elevar som forsørger barn.
Tabell 4.28 Hovudtal for tildeling til høgare utdanning m.m.
2020–21 | 2021–22 | 2022–23 | 2023–24 | |
---|---|---|---|---|
Talet på studentar i høgare utdanning1 | 305 879 | 318 146 | 309 202 | 309 241 |
Talet på mottakarar av lån og stipend i høgare utdanning | 206 488 | 209 815 | 208 236 | 206 540 |
Talet på andre mottakarar av lån og stipend2 | 57 553 | 56 494 | 54 024 | 50 320 |
Sum lån inkl. omgjeringslån (i mill. kroner) | 32 523 | 32 810 | 32 946 | 34 951 |
Gjennomsnittslån (i kroner) | 124 813 | 125 453 | 127 388 | 137 588 |
Utbetalt konverteringsstipend3 (i mill. kroner) | 7 500 | 6 925 | 5 5934 | 1 7084 |
Sum andre stipend (i mill. kroner) | 2 296 | 2 678 | 2 520 | 2 212 |
1 Talet på studentar i høgare utdanning kjem frå Database for statistikk om høgare utdanning (DBH) og tal frå Lånekassen på studentar i utlandet.
2 Tala gjeld studentar i fagskular, folkehøgskular, bibelskular og korte yrkesretta utdanningar og vaksne elevar og lærlingar i vidaregåande opplæring utan ungdomsrett.
3 Utbetalt stipend etter at behovsprøving mot inntekt og formue er gjennomført. Status per august 2024.
4 Omgjering frå lån til stipend skjer samstundes som behovsprøvinga mot inntekt og formue blir gjennomført. Behovsprøvinga for 2023 er i hovudsak gjennomført, og ein stor del av konverteringsstipendet for dette året er derfor utbetalt. For 2024 er det enno ikkje utbetalt konverteringsstipend.
Tabell 4.29 Fordeling av ulike stipendformer i dei to siste studieåra
Talet på stipend | Stipend i mill. kroner | |||
---|---|---|---|---|
2022–23 | 2023–24 | 2022–23 | 2023–24 | |
Inntektsavhengig stipend | 15 789 | 14 921 | 452 | 453 |
Bortebuarstipend | 24 125 | 23 545 | 1 070 | 1 227 |
Utstyrsstipend | 160 448 | 164 468 | 332 | 425 |
Flyktningstipend1 | 7 177 | 6 901 | 526 | 491 |
Stipend til skulepengar i utlandet | 13 125 | 12 924 | 428 | 307 |
Utvida stipend til skulepengar i utlandet | 1 575 | 1 396 | 81 | 76 |
Valutajustering (netto) av stipend og utvida stipendtil skulepengar i utlandet | 13 078 | 11 633 | 31 | 13 |
Stipend til skulepengar ved utanlandske eller internasjonale vidaregåande skular | 827 | 757 | 68 | 69 |
Språkstipend | 620 | 714 | 14 | 18 |
Tilleggsstipend til tilrettelagd utdanning i Frankrike og Tyskland | 33 | 28 | 1 | 1 |
Rekrutteringsstipend utveksling | 675 | 842 | 8 | 10 |
Reisestipend, Noreg og Norden | 8 697 | 8 597 | 19 | 19 |
Reisestipend, utanfor Norden | 20 815 | 20 379 | 43 | 46 |
Sjukestipend2 | 1 023 | 805 | 42 | 33 |
Foreldrestipend2 | 3 199 | 2 935 | 227 | 216 |
Barnestipend1 | 26 560 | 24 608 | 607 | 589 |
Stipend til søkarar med nedsett funksjonsevne1 | 12 551 | 14 022 | 504 | 607 |
Straumstipend | 122 880 | 0 | 184 | 0 |
Totalt | 316 806 | 228 603 | 4 638 | 4 600 |
1 Stipenda blir i ettertid behovsprøvd mot inntekt og formue. Ein del av det som opphavleg blei tildelt som stipend, vil derfor på eit seinare tidspunkt kunne bli gjort om til lån.
2 Ved sjukdom og fødsel vil lån bli omgjort til stipend i ettertid. Det betyr at det ikkje ligg føre endelege tal for desse tiltaka ved utløpet av studieåret. For studieåret 2021–22 blei det endelege resultatet for omgjering ved sjukdom 90 mill. kroner og for omgjering ved fødsel 273 mill. kroner.
Tabell 4.30 Hovudtal for lån og renter i dei siste fire åra
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
2020 | 2021 | 2022 | 2023 | |
Tal på tilbakebetalande låntakarar1 | 728 942 | 748 274 | 772 410 | 790 000 |
Renteberande lån | 145 416 | 154 936 | 167 401 | 179 573 |
Betalte renter | 2 958 | 2 234 | 2 564 | 5 127 |
Avdrag | 9 212 | 9 992 | 10 320 | 10 246 |
Ettergitte lån og renter | 868 | 844 | 813 | 950 |
Rentestøtte | 1 204 | 824 | 1 106 | 2 385 |
Uteståande lån | 206 978 | 222 787 | 237 400 | 253 028 |
Uteståande renter | 1 922 | 1 872 | 2 298 | 3 695 |
1 Ikkje oppgitt i 1 000 kroner.
Tildeling av lån og stipend
Auka utstyrsstipend for yrkesfag
Utstyrsstipendet for dei yrkesfaglege utdanningsprogramma i vidaregåande opplæring blei styrkt med 50 mill. kroner frå studieåret 2023–24. Nokre av utdanningsprogramma blei flytta til ein høgare sats, og nokre satsar blei justerte opp med 25 pst. Tiltaket blei innført for å betre samsvaret mellom utstyrsstipendet frå Lånekassen og utgiftene som elevar i vidaregåande opplæring har til nødvendig utstyr i opplæringa, slik at fleire elevar har råd til å ta yrkesfaglege utdanningsprogram. Om lag 88 000 elevar fekk utstyrsstipend innanfor dei aktuelle programgruppene i 2023–24.
Auka bortebuarstipend
Bortebuarstipendet til elevar i vidaregåande opplæring blei styrkt med 57,3 mill. kroner frå 2023–24. Stipendet blir gitt til elevar som må bu borte frå foreldra under opplæringa, og det blei auka frå 4 979 kroner i månaden i 2022–23 til 5 848 kroner i månaden i 2023–24. Om lag 23 500 elevar fekk dette stipendet i 2023–24.
Redusert stipenddel på lån og stipend til dekning av skulepengar utanfor Norden
Studentar som tek utdanning i land utanfor Norden, får ein prosentdel av eit terskelbeløp (som i 2022–23 var 72 729 kroner) av det dei betaler i skulepengar, som stipend. Støtte til skulepengar utover dette kan bli gitt som lån etter nærare reglar. Bachelorstudentar, fagskulestudentar og elevar som tek yrkesfagleg opplæring, får 50 pst. av terskelbeløpet som stipend, medan master-, ph.d.- og utvekslingsstudentar får 70 pst. som stipend. Stipenddelen på lån og stipend til dekning av skulepengar utanfor Norden blei frå 2023–24 redusert til 40 pst. for alle studentar og elevar. Om lag 12 900 studentar fekk justert stipenddelen i 2023–24 som følge av denne endringa.
Sletting av gjeld i tiltakssona
Ordninga for sletting av lån i tiltakssona i Finnmark og Nord-Troms blei styrkt med 41,1 mill. kroner for 2023. Tiltaket blei gjennomført ved at maksimumsbeløpet som årleg kan slettast, blei auka til 30 000 kroner, og ved at delen av gjelda som kan slettast årleg, blei auka til 20 pst. I 2023 fekk 6 739 låntakarar sletta lån etter denne ordninga.
Stortinget vedtok i behandlinga av statsbudsjettet for 2022 at sletting av gjeld skal skje uavhengig av kvar den fysiske arbeidsplassen er. Tiltaket blei innført frå og med 2023.
Ordninga for sletting av studiegjeld i Lånekassen for kvalifiserte lærarar som arbeider i grunnskulen i tiltakssona, blei vidareført i 2023. Det var 386 låntakarar som fekk sletta lån etter denne ordninga i 2023.
Budsjettforslag for 2025
Ettersom ein del av studieåret 2025–26 ligg utanfor budsjettåret 2025, er det behov for to tilsegnsfullmakter. Sjå forslag til vedtak IV nr. 3 og 4.
Grunnlaget for forslaget til løyvingane på kap. 2410, post 50–90, kap. 5310 og kap. 5617 er:
oppdaterte overslag over talet på mottakarar av lån og stipend i ulike kategoriar og nye overslag over gjennomsnittleg tildeling innanfor kvar einskild kategori. Regjeringa foreslår midlar til 1 000 nye studieplassar til fagskulane i statsbudsjettet for 2025. Fleire studieplassar aukar behovet for lån og stipend
prisvekstjustering på 2,9 pst. av alle utdanningsstøttesatsar for studieåret 2025–26
lønnsvekstjustering på 4,9 pst. av alle inntekts- og formuesgrenser som blir nytta i samband med behovsprøving av stipend og sletting av renter og gjeld
renteprognose på 5 pst. (årleg effektiv rente ekskl. gebyr) for 2025 og oppdaterte overslag over storleiken på den rentefrie og den renteberande delen av utlånsporteføljen til Lånekassen i 2025
berekna effektar av endringar som blei vedtekne i statsbudsjettet for 2024
forslag til regelendringar og nye tiltak i 2025 som vil påverke løyvingsbehovet. Nokre av desse inneber at driftsbudsjettet til Lånekassen må aukast. Sjå oversikt over kva endringar som gir slikt behov, under kap. 2410, post 01 og 45
Ny låneordning for vaksne i arbeid – kompetanselån
Frå 2025 vil det vere mogleg for vaksne i kortare vidareutdanningar ved universitet, høgskular og fagskular å søke om eit nytt lån til livsopphald frå Lånekassen, for å kompensere for bortfall av arbeidsinntekt under utdanning. Det er eit lån utan stipend, og i denne låneordninga vil renter bli lagde til undervegs i utdanninga, jf. Prop. 58 L (2023–2024) om endringer i utdanningsstøtteloven (beregning av rente på utdanningslån under utdanningen for særlige ordninger mv.). Lånet blir berekna per studiepoeng, og satsen på 7 755 kroner per studiepoeng vil vere høgare enn i den ordinære utdanningsstøtteordninga. Departementet foreslår å løyve 628 mill. kroner i utlånsmidlar til dette.
Auka omgjering av lån til utdanningsstipend på grunnlag av oppnådd grad
Regjeringa foreslår å redusere løyvinga med 175 mill. kroner som følge av ei endring i ordninga for omgjering av utdanningslån til stipend for studentar i høgare utdanning. Med noverande ordning kan 25 pst. av basislånet gjerast om til stipend på grunnlag av oppnådde studiepoeng, medan 15 pst. kan gjerast om på grunnlag av oppnådd grad. Endringa inneber at 25 pst. av basislånet kan gjerast om til stipend på grunnlag av oppnådd grad, medan 15 pst. kan gjerast om på grunnlag av oppnådde studiepoeng.
Ny praksis for innkrevjing av forseinkingsrenter
Regjeringa vil gjere det enklare for kundar å få flytta lån ut av Statens innkrevjingssentral. Forslaget inneber at det ikkje lenger er nødvendig å ha nedbetalt forseinkingsrentene for å få lånet tilbake i ein ordinær betalingsplan. Forseinkingsrentene vil i staden vere ein del av den ordinære betalingsplanen i Lånekassen. Departementet foreslår å løyve 9 mill. kroner til dette tiltaket.
Endring i utdanningsstøttevilkåra for særskilde utdanningar
Departementet foreslår å opne for gradsomgjering i tillegg til studiepoengsomgjering for studentar på vidareutdanning i osteopati, på lik linje med andre helsefaglege utdanningar med autorisasjonskrav. Tiltaket aukar løyvingsbehovet med 0,25 mill. kroner.
Departementet foreslår å avvikle det utvida lånet til skulepengar til trafikkflygarutdanningar ved private flyskular i Noreg. Tiltaket reduserer løyvingsbehovet med 0,4 mill. kroner. Samstundes foreslår departementet å oppheve dei avgrensingane som gjeld for lån og stipend til trafikkflygarutdanningar som er på nivå med norsk høgare utdanning i EØS. Det aukar løyvingsbehovet med 1,1 mill. kroner.
Verkeleg verdi
For å rekne ut den verkelege verdien av utlånsporteføljen til Lånekassen er det laga ein modell som skil mellom kostnader som er knytte til dei utdanningspolitiske og sosiale tiltaka i utdanningsstøtteordningane, og kostnader knytte til kredittrisiko. I 2024 er det gjort visse endringar i modellen, slik at den reflekterer verkeleg verdi betre. Lånekassen hadde ein portefølje av uteståande lån og renter på 256,7 mrd. kroner ved utgangen av 2023. Den verkelege verdien av porteføljen er lågare enn den bokførte verdien. Dette kjem av både dei ulike utdanningspolitiske og sosiale ordningane som er knytte til utdanningsstøtteordningane i Lånekassen, og forventa tap som kjem av at kundane ikkje oppfyller betalingspliktene sine.
Tabell 4.31 syner kva for element det er justert for når ein har rekna ut verkeleg verdi av porteføljen. Det er lagt til grunn at låna i gjennomsnitt er rentefrie i noko under tre år. På grunnlag av modellen og ein føresetnad om ei rente på 4 pst. er den verkelege verdien av porteføljen ved utgangen av 2023 rekna ut til 192,6 mrd. kroner. Differansen mellom bokført verdi og berekna verkeleg verdi er 64,1 mrd. kroner. Den verkelege verdien er berekna til 75 pst. av dei samla fordringane per 31. desember 2023.
Tabell 4.31 Verkeleg verdi av utlånsporteføljen til Lånekassen
Verdi i mill. kroner per 31. desember 2022 | Verdi i mill. kroner per 31. desember 2023 | |
---|---|---|
Opphavleg låneportefølje | ||
| 169 699 | 183 268 |
| 69 999 | 73 454 |
Sum opphavleg låneportefølje | 239 698 | 256 722 |
| 12 059 | 12 581 |
Portefølje etter omgjering til stipend | 227 639 | 244 141 |
Neddiskontert portefølje | 146 875 | 157 522 |
Neddiskonterte renteinntekter | 53 695 | 57 587 |
Neddiskontert portefølje inkl. renteinntekter | 200 570 | 215 109 |
Justeringar | ||
| 4 669 | 4 905 |
| 1 896 | 2 034 |
| 9 516 | 10 206 |
Sum justeringar | 16 081 | 17 145 |
Justert låneportefølje | 184 488 | 197 694 |
| 4 729 | 5 072 |
| –375 | –318 |
Verdi | 179 385 | 192 574 |
Ved å legge til grunn dei same føresetnadene som ved berekning av verkeleg verdi av porteføljen kan ein berekne noverdien av nye utlån i Lånekassen. Tabell 4.32 syner at staten kan vente å få tilbake om lag 55 øre for kvar ny krone som blir lånt ut frå Lånekassen.
Tabell 4.32 Noverdien av 1 krone i nytt utlån i Lånekassen
Verdi i kroner per 31. desember 2022 | Verdi i kroner per 31. desember 2023 | |
---|---|---|
Opphavleg låneportefølje | ||
| 0,000 | 0,000 |
| 1,000 | 1,000 |
Justeringar | ||
| 0,247 | 0,243 |
Portefølje etter omgjering til stipend | 0,753 | 0,757 |
Neddiskontert låneportefølje etter omgjering | 0,486 | 0,489 |
Renteinntekter | 0,177 | 0,178 |
Justeringar | ||
| 0,061 | 0,061 |
| 0,006 | 0,006 |
| 0,031 | 0,032 |
Sum justeringar | 0,098 | 0,099 |
Justert låneportefølje | 0,565 | 0,568 |
Nedskriving lån og renter | 0,016 | 0,016 |
Verdi | 0,549 | 0,552 |
Post 50 Avsetning til utdanningsstipend, overslagsløyving
Inntil 40 pst. av basislånet til studentar i høgare utdanning m.m. kan bli konvertert frå lån til stipend. Løyvinga på post 50 dekker avsetning til eit fond (konverteringsfondet) som Lånekassen trekker midlar frå etter kvart som lån blir gjorde om til stipend.
Det er budsjettert med at det vil bli gitt 12,1 mrd. kroner i omgjeringslån i 2025. Heile dette beløpet kan bli gjort om til utdanningsstipend. Fire faktorar bidreg til at det likevel ikkje er behov for å setje av eit så høgt beløp i konverteringsfondet. For det første blir utdanningsstipendet behovsprøvd mot inntekt og formue, og derfor vil ein del av det som kunne blitt gjort om til stipend, likevel ikkje bli omgjort. For det andre vil ein del av den utdanninga det blir gitt støtte til, ikkje bli bestått og derfor ikkje gi rett til omgjering. For det tredje vil ein del av den høgare utdanninga det blir gitt støtte til, ikkje føre fram til ein avlagd grad og dermed ikkje gi rett til omgjering på grunnlag av oppnådd grad. For det fjerde gis det ikkje rett til omgjering dersom ein bur i same hus som foreldra. Samla er det estimert at desse fire faktorane reduserer avsetningsbehovet med 24 pst., og forslaget til løyving på posten utgjer 76 pst. av anslaget for nye omgjeringslån i 2024.
Post 70 Utdanningsstipend, overslagsløyving
Løyvinga på posten gjeld inntektsavhengig stipend, utstyrsstipend, og bortebuarstipend til elevar og lærlingar i vanleg vidaregåande opplæring, stipend til søkarar i høgare utdanning m.m. med nedsett funksjonsevne eller funksjonshemming, og flyktningstipend, foreldrestipend, sjukestipend og barnestipend for alle grupper.
Post 71 Andre stipend, overslagsløyving
Løyvinga på posten gjeld ulike stipend til dekking av reiseutgifter og skulepengar i innland og utland. Ho gjeld òg stipend til språkkurs, eit tilleggsstipend for spesielt tilrettelagd ingeniør- og økonomiutdanning i Frankrike og Tyskland og eit rekrutteringsstipend ved utvekslingsopphald i dei prioriterte samarbeidslanda til Noreg.
Post 72 Rentestøtte, overslagsløyving
Løyvinga på posten dekker kostnaden ved at utdanningslån er rentefrie i utdanningstida, og er eit uttrykk for kor mykje staten subsidierer lånedelen av støtteordningane med. Løyvingsbehovet på posten varierer med rentenivået.
Post 73 Avskrivingar, overslagsløyving
Avskrivingane på posten omfattar mellom anna avskriving på grunn av sjukdom og død. Vidare er det eigne ordningar for avskriving for visse lærarutdanningar og for personar som er busette og arbeider i Finnmark og utvalde kommunar i andre fylke. I tillegg blir restgjeld automatisk avskriven når gjelda er under det som er sett som minimumsbeløpet for innkrevjing.
Oversikta under viser dei elementa som utgjer post 73 Avskrivingar:
Tabell 4.33 Avskrivingselement i Lånekassen
(i 1 000 kr) | |||
---|---|---|---|
Element | Rekneskap 2023 | Saldert budsjett 2024 | Forslag 2025 |
Avskriving ved sjukdom | 504 861 | 462 761 | 525 257 |
Avskriving ved død | 81 256 | 86 138 | 86 138 |
Automatisk avskriving | 798 | 493 | 798 |
Avskriving for lærarutdanning | 66 403 | 50 540 | 118 809 |
Avskriving Finnmarks-ordninga | 179 236 | 178 215 | 179 789 |
Avskriving kvoteordninga | 7 253 | 6 346 | 2 863 |
Sletting av renter | 110 434 | 120 100 | 125 012 |
Sum | 950 241 | 904 593 | 1 038 667 |
Av samla avskriving på 1,0 mrd. kroner er det berekna at 862,6 mill. kroner vil vere avskriving av det opphavlege utdanningslånet. Dei resterande avskrivingane fordeler seg på 62,3 mill. kroner frå renter i 2025 og 113,8 mill. kroner frå renter frå tidlegare år.
Post 74 Tap på utlån
Løyvinga på posten dekker avskriving av grovt eller vedvarande misleghaldne utdanningslån. Låna blir avskrivne i rekneskapane som tap i Lånekassen når dei blir overførte permanent til Statens innkrevjingssentral (SI).
Oversikta nedanfor viser dei hovudelementa som utgjer post 74 Tap på utlån:
Tabell 4.34 Tapselement i Lånekassen
(i 1 000 kr) | |||
---|---|---|---|
Rekneskap 2023 | Saldert budsjett 2024 | Forslag 2025 | |
SI-permanent | 225 962 | 320 000 | 280 000 |
Lån etter gjeldsordning | 50 497 | 55 000 | 55 500 |
Andre forhold | 6 898 | 5 500 | 5 000 |
Sum | 283 357 | 380 500 | 340 500 |
Tap på hovudstolen er berekna til å vere 238,4 mill. kroner, medan tap på renter frå tidlegare periodar er 85,7 mill. kroner i 2025. Årets renter på taps-/kostnadsfordringane er berekna til å vere 16,5 mill. kroner.
Personar som ikkje har betalt etter tredje varsel om betaling, får lånet førebels overført til SI. Dersom arbeidet til SI fører fram og personen kjem à jour med betalingar, blir saka ført tilbake til Lånekassen. Lånekassen eig kravet, men SI handterer gjeldsordningssaker i denne perioden. Det er først når lånet blir permanent overført til SI, normalt når gjelda har vore oppsagd i tre år, at kravet i rekneskapssamanheng blir overført til SI.
Frå 1996 til og med 2023 har om lag 74 700 kundar fått gjelda permanent overført til SI, med eit samla beløp på 9,6 mrd. kroner. Av dette er det fram til i dag kravd inn 5,5 mrd. kroner. Innkrevjingsresultatet i 2023 for permanent overførte utdanningslån var på 284 mill. kroner, medan det i 2022 var 267,7 mill. kroner. I 2025 er innkrevjingsresultatet berekna til å bli 220 mill. kroner. Det blei overført lån permanent frå Lånekassen til SI på 226 mill. kroner i 2023, mot 228,4 mill. kroner i 2022. Overføringa til SI i 2025 er berekna til 280 mill. kroner.
Post 90 Auka lån og rentegjeld, overslagsløyving
Løyvinga på posten dekker samla nye utlån frå Lånekassen i 2025 og berekna renter i løpet av året som ikkje er betalte ved utgangen av året.
Nye utlån til kundar og omgjeringar av stipend til lån er berekna til å utgjere 39,1 mrd. kroner, medan nettoutlån til ubetalte renter er berekna til 4,1 mrd. kroner. Den samla løyvinga på posten blir då 43,2 mrd. kroner i 2025.
Kap. 5310 Statens lånekasse for utdanning
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2023 | Saldert budsjett 2024 | Forslag 2025 |
04 | Refusjon av ODA-godkjende utgifter | 5 099 | 4 000 | 2 000 |
29 | Termingebyr | 1 656 | 1 801 | 1 870 |
89 | Purregebyr | 103 723 | 90 228 | 109 229 |
90 | Redusert lån og rentegjeld | 12 471 263 | 13 970 169 | 14 754 325 |
93 | Omgjering av utdanningslån til stipend | 7 965 559 | 8 287 563 | 8 651 746 |
Sum kap. 5310 | 20 547 300 | 22 353 761 | 23 519 170 |
Kapittelet gjeld inntekter til Lånekassen, i hovudsak innbetalingar frå kundane, innbetaling frå konverteringsfondet og ulike refusjonar.
Post 04 gjeld ettergiving av utdanningslån for kvotestudentar frå utviklingsland som flyttar til heimlandet og buset seg der varig. Visse innanlandske kostnader kan etter statistikkdirektivet i OECD bli definerte som offentleg utviklingshjelp.
Post 29 gjeld gebyr for rekning ved terminforfall. Kundar som nyttar eFaktura eller AvtaleGiro, blir ikkje belasta med rekningsgebyr.
Post 89 gjeld gebyr på 280 kroner ved første purring og 490 kroner ved andre purring (varsel om oppseiing).
Post 90 gjeld innbetalte avdrag og betalte berekna renter frå tidlegare år. Avskrivne og betalte renter er splitta opp i avskrivne og betalte renter for inneverande og tidlegare budsjettperiodar.
Tilbakebetaling av hovudstolen er berekna til 11,3 mrd. kroner i 2025. Tilbakebetaling av rentegjeld frå tidlegare periodar er berekna til 2,1 mrd. kroner i 2025. Tilbakebetaling frå taps-/kostnadsløyvingar utgjer 1,3 mrd. kroner og omfattar både hovudstol og berekna renter frå tidlegare periodar, spesifisert på kap. 2410, post 73 og 74.
Post 93 omfattar innbetaling frå konverteringsfondet til Lånekassen basert på konvertering av lån til stipend. Sjå omtale under kap. 2410, post 50.
Verksemder med mellomvære med statskassa vil ha eit unntak frå kontantprinsippet, jf. forslag til vedtak VIII.
Kap. 5617 Renter frå Statens lånekasse for utdanning
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2023 | Saldert budsjett 2024 | Forslag 2025 |
80 | Renter | 9 144 334 | 10 363 860 | 13 837 239 |
Sum kap. 5617 | 9 144 334 | 10 363 860 | 13 837 239 |
Løyvinga på posten gjeld renter til staten for alle utlån til Lånekassens kundar. Dette gjeld renter som er belasta kundar i tilbakebetalingsfasen, og renter som er løyvde på tilskotspostar til å dekke kostnadene staten har på lån som er rentefrie under utdanninga (rentestøtta), og lån som er avskrivne.
Brutto rentestøtte er berekna til om lag 4,4 mrd. kroner, medan opptente og innbetalte renter frå kundane er berekna til 6 mrd. kroner i 2025. Anslaget for opptente ikkje-betalte renter frå kundane er 4,1 mrd. kroner, medan anslaget for årets renter frå taps-/kostnadsløyvingar er 78,8 mill. kroner i 2025.