Prop. 1 S (2023–2024)

FOR BUDSJETTÅRET 2024 — Utgiftskapittel: 1400–1482 Inntektskapittel: 4400–4481 og 5578

Til innhaldsliste

Del 2
Klima- og miljødepartementets budsjett for 2024

7 Omtale av kapittel og post

Programkategori 12.10 Fellesoppgåver, forsking, internasjonalt arbeid m.m.

Hovudinnhald og prioriteringar

Utgiftene under programkategori 12.10 kan førast tilbake til alle resultatområda. Kategorien omfattar verksemda til Klima- og miljødepartementet medrekna tilskot som blir behandla i departementet, og løyvingar for å sikre ei kunnskapsbasert forvaltning, under dette kartlegging, overvaking og forsking på klima- og miljøområdet og anna arbeid knytt til miljødata. Delar av løyvingane kan bli stilte til disposisjon for etatane som er underlagde departementet, når det er naturleg at etatane utfører oppgåvene.

Internasjonalt arbeid

Omtale av Noregs internasjonale arbeid med klima og miljø finst òg under dei ulike resultatområda og dei andre programkategoriane. Omtalen i dette kapittelet gjeld i stor grad internasjonalt arbeid som går på tvers av resultatområda.

Multilateralt klima- og miljøsamarbeid

FN er ein viktig aktør i det globale arbeidet med miljø- og klimaspørsmål. Noreg er ein vesentleg bidragsytar til dei organisasjonane og programma som har miljø som kjerneoppgåve, og har fortløpande dialog med nær alle FN-institusjonane om integrering av klima- og miljøomsyn i verksemda deira. Noreg legg vekt på å følgje opp Rio+20-vedtaket om å styrkje FNs miljøprogram. Programmet har eit særskilt ansvar i FN-systemet for å fremje ivaretakinga av miljødimensjonen i berekraftig utvikling og for å innarbeide omsynet på tvers i organisasjonen. Noreg vil i 2024 halde fram med å følgje opp vedtaka frå FNs femte miljøforsamling (UNEA-5) under Noregs presidentskap. Særleg viktige er forhandlingane om ein rettsleg bindande internasjonal avtale for å stanse plastforureining og arbeidet med å etablere eit nytt sjølvstendig, mellomstatleg vitskapspanel for kjemikaliar, avfall og forureining der Noreg tek aktivt del og er ein pådrivar. Klima, naturmangfald og forureining er anerkjende som dei viktigaste miljøutfordringane som krev sterkare global respons. Noreg vil halde fram med arbeidet med å utvikle den normative rolla til FNs miljøprogram og sikre eit tettare samarbeid med andre FN-organ. Noreg er òg ein sentral bidragsytar til FNs program for å redusere utslepp gjennom avskoging og skogdegradering i utviklingsland (UN-REDD) og til fleire verdsbankfond som finansierer investeringar for å redusere utslepp frå skog i utviklingsland, til dømes FCPF karbonfond og BioCarbon-fondet. Sjå omtale av Klima- og skoginitiativet under programkategori 12.70.

FNs berekraftsmål føreset at både einskilde land og internasjonale organisasjonar skal betre integreringa av dei tre dimensjonane av berekraft (økonomiske, sosiale og miljøvise omsyn) på ei rekkje samfunnsområde. Måla kan såleis gje draghjelp til det globale grøne skiftet og fremje heilskaplege løysingar over ei «silotilnærming». Noreg har oppnådd mykje, men er òg utfordra av ein del av måla. Meld. St. 40 (2020–2021) Mål med mening – Norges handlingsplan for å nå bærekraftsmålene innen 2030 vart behandla i Stortinget våren 2022. Oppgåva med å følgje opp gjennomføringa av berekraftsmåla globalt årleg er lagd til FNs høgnivåforum for berekraftig utvikling (HLPF), og i 2023 fekk leiarane i verda ei særskild oversikt over framdrifta og område som krev større innsats. I år blir det gjort ei midtvegsevaluering. Noreg la fram sin andre frivillige rapport om framgangen på måla til FNs høgnivåforum sommaren 2021 og skal leggje fram ny rapport i 2025. Sjå omtale av berekraftsmåla under del III, kap. 8.2.

Konvensjonen om biologisk mangfald (CBD) omfattar bevaring og berekraftig bruk av naturmangfaldet på landjorda og i havet og rettferdig fordeling av utbytte frå bruk av genetiske ressursar. På partsmøtet til CBD i desember 2022 vart det semje om eit nytt globalt rammeverk for naturen. Rammeverket har som mål å stoppe og snu det globale tapet av natur og fastset ei rekkje konkrete målsetjingar for 2030 og 2050.

Rammeverket har òg reglar som skal sørgje for at landa gjennomfører dei nye måla, og som legg til rette for at landa kan auke innsatsen over tid. Innan neste partsmøte (COP16) er det forventa at partane oppdaterer dei nasjonale handlingsplanane i lys av måla i det nye globale rammeverket.

Det globale miljøfondet (GEF) skal medverke til at utviklingsland og land med overgangsøkonomi kan nå måla i dei globale miljøavtalane om klima, naturmangfald, forørkning, kjemikaliar og kvikksølv. GEF er med på å betre klima- og miljøtilstanden globalt ved å kvalitetssikre nasjonale og regionale tiltak og yte finansiering for meirverdien av tiltaka for det globale miljøet. Arbeidet blir utført gjennom ei rekkje ulike partnarorganisasjonar i FN, utviklingsbankar og det sivile samfunn. Medan det i internasjonalt miljøsamarbeid ofte kjem krav om å opprette nye fond for å støtte u-landa, ser Noreg at GEF har opparbeidd god kunnskap og sterke nettverk som gjer dei i stand til å yte hjelpa som landa ber om. I juni 2022 auka Noreg sitt bidrag til påfyllinga for neste fireårsperiode (GEF-8) med 50 pst. frå førre påfyllinga (GEF-7). Både behovet for god oppfølging av det ambisiøse globale Kunming-Montreal-rammeverket for naturmangfald og planen om å ha ein ny global avtale mot plastforureining klar i 2024 er blant miljøutfordringane som har motivert mange land til auka bidrag til GEF. Eit nytt fond for natur vart vedteke på GEF-forsamlinga i august 2023, medan tida vil vise om GEF vil bli finansieringsmekanisme også for plastavtalen. GEF konsentrerer seg i stadig større grad om store, integrerte program som kan medverke til å nå måla i fleire miljøkonvensjonar samstundes. Dei første evalueringane av denne nye tilnærminga er positive og vil òg følgjast nøye framover.

Omtale av Noregs hovudinnsatsområde i det internasjonale klimaarbeidet finst under programkategori 12.20 og 12.70.

Miljøkriminalitet

Miljøkriminalitet er eit alvorleg og aukande problem med store negative konsekvensar for naturmangfald og klima. Å stoppe ulovleg avskoging er ein viktig del av klimaløysinga og ei nødvendigheit for at land med mykje ulovleg avskoging skal kunne oppfylle forpliktingane sine. Ei rekkje artar er trua av utrydding som følgje av internasjonal flora- og faunakriminalitet, skogkriminalitet og gruvekriminalitet, både på grunn av handel med trua artar og på grunn av arealfragmentering og ringare leveområde.

Miljøkriminalitet medverkar òg til tap av inntekter for statar, auka fattigdom, auka skilnader og underminering av demokratiske institusjonar. Grenseoverskridande miljøkriminalitet er i tillegg knytt til annan organisert kriminalitet, som ulovleg handel med våpen, narkotikasmugling og menneskehandel, og blir nytta til såkalla trusselfinansiering, det vil seie finansiering av terrorgrupper og andre ikkje-statlege væpna grupper. Dette medverkar til å føre vidare ustabilitet i sårbare statar og truar regional og internasjonal tryggleik.

Internasjonalt blir det viktig å få global merksemd om at miljøkriminalitet i breitt er ei grenseoverskridande og alvorleg form for organisert kriminalitet som må sjåast i samanheng med annan organisert kriminalitet, inkludert korrupsjon, terrorfinansiering, smugling, menneskehandel, kvitvasking, dokumentfalsk, skatteunndraging og tollsvindel. Tiltaka her inkluderer utvikling av internasjonal politikk, internasjonal rettsutvikling, utviklingspolitiske verkemiddel, arbeid i internasjonale organisasjonar og sivilsamfunn, motverking av ulovleg netthandel og bruk av teknologi, verdikjedesporing og handelsavtalar.

Medverknad i EU-samarbeidet og effektiv gjennomføring av EØS-rettsakter

EU har ei klar pådrivarrolle i det internasjonale klima- og miljøsamarbeidet, og ein stor del av klima- og miljøpolitikken til EU blir gjennomført i norsk regelverk som følgje av EØS-avtalen. Regjeringa følgjer tett med på Europas grøne giv. Dette er EUs grøne vekststrategi der målet om klimanøytralitet i EU i 2050 er gjort styrande for eit gjennomgripande grønt skifte som omfattar nær alle samfunnsområde. Europas grøne giv medfører omfattande ny politikk- og regelverksutvikling på fleire område som er omfatta av EØS-avtalen. Klima- og miljødepartementet har interesser på område som klima, forureining inkludert avløp og plastforureining, avfall og produkt i den sirkulære økonomien, kjemikaliar og grøn finans.

Medverknadsarbeidet overfor EU skjer gjennom å delta i Kommisjonens ekspertgrupper og komitear, svare på Kommisjonens høyringar eller sende formelle brev med innspel, fagleg kontakt eller politiske møte med Kommisjonen, Rådet og Europaparlamentet, andre innspel til sentrale aktørar i EU og gjennom å delta i ambisiøse «vennegrupper» som REACH UP-gruppa på kjemikalieområdet, som no òg omfattar andre område som plast, og Green Growth Group (GGG) på klimaområdet. Noreg har òg ein nasjonal ekspert i Europakommisjonens generaldirektorat for miljø for å styrkje EU-arbeidet med plastforureining.

Noreg og EU har inngått ein avtale om ein grøn allianse. Denne vil opne for styrkt samarbeid om klima- og miljøomstilling i Europa og internasjonalt, også innanfor industri og energi.

Nordisk samarbeid er òg viktig for å påverke utviklinga av EU-/EØS-regelverket og for å bidra til høge klima- og miljømål i internasjonale prosessar. Dei nordiske statsministrane vedtok i august 2019 ein ny visjon for det nordiske samarbeidet, som seier at Norden skal bli den mest berekraftige og integrerte regionen i verda fram mot år 2030. I oppfølginga av visjonen til Nordisk ministerråd har det nordiske samarbeidet på klima- og miljøområdet blitt tilført vesentleg auka ressursar. Det har gjeve eit forsterka samarbeid mellom dei nordiske landa innanfor sentrale område som klima, biomangfald og sirkulær økonomi. Fleire konkrete prosjekt er starta opp, og dei nordiske landa samarbeider mellom anna om grøn skipsfart, naturbaserte løysingar og for å få på plass eit ambisiøst resultat i forhandlingane av den globale plastavtalen.

Noreg er medlem i Det europeiske miljøbyrået (EEA) og deltek i arbeidet i Det europeiske kjemikaliebyrået (ECHA). Miljøbyråa er ei viktig informasjonskjelde for alle som er med på å forme ut, vedta, setje i verk og evaluere miljøpolitikk. Gjennom EØS-avtalen er Noreg medlem av fleire av EU-programma som skal bidra til å nå måla i Europas grøne giv. Noreg deltek i EUs forskings- og innovasjonsprogram Horisont Europa 2021–2027, der klima og miljø er eit sentralt satsingsområde. Minst 35 pst. av totalbudsjettet til Horisont Europa skal vere klimarelevant. Noreg deltek også i EUs romprogram 2021–2027, som inkluderer jordobservasjonssystemet Copernicus. Systemet etablerer omfattande satellittovervaking av miljø globalt, regionalt og nasjonalt, ikkje minst i havområda og i Arktis. Gjennom norsk deltaking i programmet for eit digitalt Europa (DIGITAL) blir det lagt til rette for investering og kapasitetsbygging for digital og grøn omstilling og for bruk av innovative digitale teknologiar i samfunn og næringsliv.

Enkelte sentrale område er ikkje omfatta av EØS-avtalen. Det gjeld naturvern og forvaltning av naturressursar, landbruk og fiskeri, men Noreg og EU er tett bundne saman gjennom EUs indre marknad på alle område og er nære allierte i det globale arbeidet, til dømes i konvensjonen for biologisk mangfald.

Nye forslag og omfattande omlegging i EU-politikken får stor verknad for norsk politikk. Kvart år blir ei rekkje rettsakter innlemma i EØS-avtalen og gjennomførte i norsk regelverk for miljø- og klimapolitikken.

Departementet følgjer med på EUs regelverksutvikling og gjennomgår og vurderer forslag til nye EU-rettsakter og moglege konsekvensar av gjennomføringa før regelverket eventuelt blir teke inn i EØS-avtalen og gjennomført i norsk rett. Norsk miljøforvaltning har moglegheit til å medverke slik at norske klima- og miljøinteresse og viktig kunnskap blir varetekne i utviklinga av EU-regelverket.

EØS-midlane er også ein del av EU/EØS-arbeidet i miljøforvaltninga. Dei medverkar til sosial og økonomisk utjamning i Europa og til gjennomføringa av EUs rettsakter i mottakarlanda. Klima, energi, miljø og lågutsleppsutvikling er eitt av tre prioriterte hovudområde i inneverande periode, som vil gå fram til og med 2024. Klima-, miljø- og kulturarvprogramma, inkludert dei bilaterale fonda under EØS-midlane, stimulerer til godt bilateralt fagleg samarbeid med mottakarlanda og stimulerer landa til oppfølging av EU-regelverk og internasjonale avtalar innan klima, miljø og naturmangfald.

Klima og miljø i handels- og investeringsvernavtalar

Handels- og investeringsvernavtalar påverkar kva som blir produsert og selt, og korleis ein gjer det, og dermed også klima- og miljøverknadene av handel. Dei påverkar òg kva tiltak som kan setjast i verk av omsyn til klima og miljø. I motsetning til EØS-avtalen inneheld dei ikkje felles klima- og miljøregelverk. Det er difor nødvendig å syte for at dei blir utforma slik at dei òg legg til rette for lågare utslepp globalt og sikrar klima- og miljøomsyn. Difor bidreg vi til at slike avtalar får eigne kapittel om handel og berekraftig utvikling, senkar toll på klima- og miljøvennlege varer og gjev rom for støtte, avgifter og reguleringar som gjer det enklare og billigare å produsere, forbruke og transportere med mindre ressursar og utslepp. Fleire land legg stadig større vekt på klima- og miljømessig berekraft i handelspolitikken òg. EU og USA er no blant dei fremste her. EUs nye handelspolitikk har fått ei større rolle i arbeidet med berekraftig utvikling. Det internasjonale handelssystemet blir sett under stadig sterkare press på grunn av økonomiske, politiske og tryggingsmessige interesser, der ringverknadene av globaliseringa òg kjem inn. Presset har blitt forsterka av covid-19-pandemien og Russlands angrepskrig mot Ukraina, som viser kor utsett globale leveransekjeder kan vere i krise- og konfliktsituasjonar. Utviklinga av slike avtalar skjer no i aukande grad utanfor Verdshandelsorganisasjonen (WTO). Departementet følgjer difor med på og bidreg etter behov i forhandlingane mellom Noreg og andre land bilateralt og gjennom den europeiske frihandelsorganisasjonen EFTA. Samstundes tek medlemsland i WTO fleire nye initiativ for å styrkje bidraget frå handelen til å løyse klima- og miljøutfordringane. Eit initiativ som Noreg er med på, har mellom anna handel med miljøvarer og -tenester, sirkulær økonomi og berekraftige leveransekjeder i fokus. Vi bidreg etter behov i forhandlingane om ein ambisiøs, bindande avtale om klima, handel og berekraft som Noreg saman med New Zealand, Costa Rica, Fiji og Island vart samde om å starte hausten 2019.

Klima- og miljøsamarbeid med utviklingsland

Samarbeid med økonomiar i framvekst og utviklingsland er òg ein viktig pilar i Noregs internasjonale klima- og miljøarbeid. Med bilaterale samarbeidsavtalar og støtte til internasjonale initiativ skal Noreg medverke til ei grøn utvikling gjennom oppbygging av kapasitet og kompetanse til å forvalte miljø og naturressursar.

Det største internasjonale initiativet frå regjeringa innan klima og miljø er Klima- og skoginitiativet. Gjennom arbeid med fleksible mekanismar jobbar departementet også internasjonalt for å auke klimaambisjonar i utviklingsland. Sjå nærmare omtale av desse områda under programkategori 12.70.

Klima- og miljødepartementet har særskilde avtalar om samarbeid med miljøstyresmaktene i dei store framveksande økonomiane Kina, India og Sør-Afrika. Desse landa har stor innverknad på den globale miljøtilstanden og er heilt sentrale i utviklinga av globale miljøavtalar. I Kina, Sør-Afrika og India har Klima- og miljødepartementet medverka til ein portefølje av prosjekt som er retta inn mot evna det enkelte landet har til å gjennomføre internasjonale forpliktingar under miljøkonvensjonane. Finansiering skjer i hovudsak over budsjettet til Utanriksdepartementet.

Prosjekta er hovudsakleg forvaltningssamarbeid. Miljødirektoratet er ein viktig partnar på norsk side. Mange av prosjekta byggjer òg på kompetansen i dei norske miljøinstitutta. I Kina har Miljødirektoratet sidan 2012 vore ein sentral partnar for å utvikle klimakvotemarknaden. Kinas nasjonale kvotemarknad vart offisielt lansert i juli 2021 og er den største i verda. Noregs kvotesamarbeid med Kina held fram i ein ny fase. Andre prosjektsamarbeid som er i gang, styrkjer Kina sitt arbeid med å regulere og redusere utslepp av miljøgifter, marin forsøpling. Prosjektsamarbeid for å redusere svart karbon vart avslutta i 2023. I tillegg til å styrkje gjennomføringa av viktige miljøavtalar som FNs klimakonvensjon, Minamata-konvensjonen om kvikksølv og Stockholm-konvensjonen om persistente organiske sambindingar har samarbeidet også bidrege til arbeidet med ein ny global avtale mot plastforureining. Noreg gjev òg støtte til, og deltek med ekspertar i, høgnivårådet China Council for International Cooperation on Environment and Development (CCICED). I 2021 vart tidlegare finansminister og leiar av CICERO Senter for klimaforsking, Kristin Halvorsen, utnemnd som ny nestleiar i rådet. Rådet er oppretta av, og gjev tilrådingar til, den kinesiske toppleiinga. I tillegg til å sjå på og gje råd om Kinas nasjonale utfordringar rettar høgnivårådet no meir merksemd mot rolla til Kina internasjonalt.

I India er klimagassutslepp frå kuldemedium ei stor og aukande klimautfordring. Noreg støttar arbeid som kan medverke til raskare innfasing av meir miljøvennlege kuldemedium. Gjennom det bilaterale samarbeidet støttar Noreg også bruk av meir miljøvennleg brensel i sementproduksjon og attvinning av avfall frå byggjeplassar til sementblokker. India og Noreg samarbeider om integrert havforvaltning og har ei rekkje samarbeidsprosjekt for å motverke plastforsøpling og plastforureining.

Miljødirektoratet er i dialog med Sør-Afrika om utarbeidinga av avfallssystem med sikte på å redusere tilførselen av marin forsøpling. Tidlegare har Miljødirektoratet medverka til å utvikle ein utsleppsrekneskap i Sør-Afrika.

Meteorologisk institutt (MET) er involvert i bistandsarbeid innanfor vêrvarsling og klimaanalysar i Afrika og Asia. MET har i 2023 inngått ein femårig avtale med Norad om bistandsarbeid innanfor vêrvarsling og klimaanalysar i Malawi, Etiopia, Mosambik, Bangladesh og Vietnam. Prosjektet («Institutional Support and Capacity Building for Weather and Climate Services»), forkorta «SAREPTA», støttar opp under FN sine berekraftsmål.

MET prioriterer berekraftig bistand og konsentrerer seg om felles forståing, mål og opne verktøy. Difor handlar samarbeidsprosjekta til MET i stor grad om samarbeid med dei nasjonale meteorologiske institutta i samarbeidslanda. Dette inkluderer samarbeid kollega til kollega, å bli kjend med lokalt vêr og klima og varsling av vêr- og naturfare. Avtalen med Norad inneheld mange element som er prioriterte i norsk utviklingspolitikk, som klimatilpassing, teknisk samarbeid og styrking av mattryggleik. MET bruker digitale verktøy som er gratis, opne og tilgjengelege i samarbeidet.

Vêrdata er òg viktige i arbeidet med å varsle ekstreme vêrhendingar og støttar opp under Early Warnings for All1 (EW4A)-initiativet frå FN. Noreg og MET er ein del av FN- programmet Systematic Observations Financíng Facilities2 (SOFF) for å betre vêrobservasjonar frå låginntektsland – der MET bidreg som faglege rådgjevarar i Bangladesh, Malawi og Etiopia.

Miljøforvaltninga deltek i fagleg samarbeid under Norads kunnskapsbank. Kunnskapsbanken styrkjer kompetanse og kapasitet i offentleg forvaltning i utviklingsland på område der Noreg har relevant og etterspurd kompetanse og erfaring. Klima- og miljødepartementet og Miljødirektoratet er involverte i kunnskapsprogramma Energi for Utvikling, Hav for utvikling og Landbruk for Utvikling og i programmet Olje for utvikling, som er under avvikling.

Utgifter under programkategori 12.10 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2022

Saldert budsjett 2023

Forslag 2024

Endring i pst.

1400

Klima- og miljødepartementet

673 832

637 388

615 367

-3,5

1410

Kunnskap om klima og miljø

1 135 402

1 140 597

1 220 410

7,0

1411

Artsdatabanken

68 780

80 560

84 862

5,3

1412

Meteorologiformål

493 281

504 703

547 378

8,5

Sum kategori 12.10

2 371 295

2 363 248

2 468 017

4,4

Kap. 1400 Klima- og miljødepartementet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2022

Saldert budsjett 2023

Forslag 2024

01

Driftsutgifter

294 982

304 294

326 316

21

Spesielle driftsutgifter

84 656

72 636

87 156

50

Heilskapleg profilering, grøne løysingar

10 757

10 757

70

Frivillige klima- og miljøorganisasjonar samt klima- og miljøstiftelsar

53 907

53 907

71

Internasjonale organisasjonar

88 809

91 334

94 355

74

Tilskot til AMAP, kan overførast

5 296

5 447

5 796

76

Støtte til nasjonale og internasjonale miljøtiltak, kan overførast

135 425

99 013

101 744

Sum kap. 1400

673 832

637 388

615 367

Post 01 Driftsutgifter

Midlane under posten er retta mot alle resultatområda.

Posten er samla sett foreslått auka med 22 mill. kroner til 326,3 mill. kroner. Styrkinga vil vareta innsatsen til departementet på prioriterte område framover. Dette gjeld mellom anna Europas grøne giv med politikk- og regelverksutvikling, vidare arbeid med sirkulær økonomi, oppfølging av naturavtalen, etablering av naturrekneskap og vidareutvikling av regjeringas klimastatus og -plan.

Den foreslåtte løyvinga dekkjer også dei ordinære driftsutgiftene som er nødvendige for at Klima- og miljødepartementet skal kunne halde ved lag ei god verksemd. Om lag to tredjedelar av løyvinga gjeld lønn til fast tilsette i departementet. Om lag ein tredjedel av løyvinga går til å dekkje husleige, fornying av materiell, inventar og utstyr, mellom anna drift og utvikling av IT-anlegget til departementet, reiseutgifter, kurs- og konferanseverksemd og tiltak for kompetanseutvikling. Av desse fellesutgiftene er husleige og IKT-utgifter dei største.

Løyvinga kan overskridast mot tilsvarande meirinntekt under kap. 4400, post 02, jf. forslag til vedtak II.

Post 21 Spesielle driftsutgifter

Midlane under posten er retta mot alle resultatområda.

Løyvinga på denne posten dekkjer utgifter til kjøp av utgreiingar og anna kunnskapsarbeid. Lønn til mellombels tilsette som er knytte til faglege prosjekt, kan òg førast over posten. Posten dekkjer heile ansvarsområdet til miljøforvaltninga.

Klima- og miljøpolitikken står overfor store utfordringar, og det er viktig å ha eit grundig fagleg fundament for den politikken som blir lagd opp. Det er difor viktig at Klima- og miljødepartementet har nok ressursar til å kunne initiere utgreiingar av ny politikk og evaluere politiske tiltak og verkemiddel som er sette i gang eller gjennomførte. I tillegg blir ressursar nytta til å vurdere klima- og miljøkonsekvensar av forslag som er fremja frå andre sektorar.

Det er foreslått ei løyving på 87,2 mill. kroner. Samla sett er løyvinga auka med 14,5 mill. kroner samanlikna med saldert budsjett for 2023. Posten er mellom anna styrkt med 7 mill. kroner til ein rammeavtale som skal gje departementet tverrfagleg og tverrsektoriell kunnskap knytt til klima, miljø og grøn omstilling. På posten er det sett av 10 mill. kroner til eit ekspertutval for klimatilpasning. Utvalet skal skaffe meir kunnskap om samfunnsøkonomiske konsekvensar av klimaendringar for utsette sektorar og regionar i Noreg. Utvalet skal også identifisere innsatsområde der potensialet for å redusere klimarelatert risiko er stort, vurdert opp mot kostnaden ved tiltak. Det skal hjelpe til å sikre at lønnsame klimatilpassingstiltak kan bli gjennomførte. Det blir teke sikte på oppstart tidleg i 2024, og arbeidet vil vare i to år.

Rapport 2022

I 2021 vart midlane på posten nytta til tiltak knytte til alle resultatområda, hovudsakleg innanfor klima, forureining og naturmangfald.

Post 50 Heilskapleg profilering, grøne løysingar

Posten vart oppretta i 2018 for å profilere norske grøne løysingar internasjonalt. The Explorer er ei nettside der internasjonale kjøparar og investorar kan sjå norske grøne løysingar i eit digitalt utstillingsvindauge og enklare komme i kontakt. Formålet er å auke eksport og trekkje investorar ved å posisjonere Noreg som ein pioner for grøne løysingar i internasjonale marknader. Tiltaket skal medverke til å løfte fram fleire gode gründerar og vekstkraftige bedrifter som utviklar grøn teknologi og produkt tilpassa lågutsleppssamfunnet, og som har moglegheiter internasjonalt.

Satsinga blir sett i samanheng med det arbeidet Innovasjon Noreg gjer med profilering for å medverke til auka internasjonalisering. På bakgrunn av ei evaluering av tilskotsordninga er ordninga og posten foreslått avvikla frå 2024. Finansieringa av arbeidet med digital profilering av grøne løysingar vil bli godt integrert i den samla eksportsatsinga i Innovasjon Noreg, som blir finansiert av Nærings- og fiskeridepartementet. Dette er også i tråd med ei dreiing og spissing av det næringsretta verkemiddelapparatet mot ei grøn omstilling.

Rapport 2022

Det vart utbetalt 10,8 mill. kroner på posten i 2021. Ifølgje Innovasjon Noreg er 472 grøne og/eller berekraftige løysingar blitt publiserte i løpet av satsinga, og 1 456 utanlandske bedrifter og investorar har registrert seg på plattforma. Ei av fire norske bedrifter som har publisert løysinga si på nettsida, har oppnådd kontakt med internasjonale partnarar.

Post 70 Frivillige klima- og miljøorganisasjonar og klima- og miljøstiftelsar

Posten er frå 2024 flytta til kap. 1420 Miljødirektoratet og lagd på ny post 86.

Rapport 2022

Tabell 7.1 Tilskot til organisasjonar i 2022 (i 1 000 kr)

Organisasjon/stiftelse

Tilskot 2022

Klima- og miljøorganisasjonar

Den Norske Turistforening

6 440

Forbundet Kysten

4 458

Fortidsminneforeininga

4 507

Framtida i våre hender

4 706

Noregs Jeger- og Fiskarforbund

4 541

Noregs Naturvernforbund

7 265

Besteforeldrenes Klimaaksjon

1 981

Barne- og ungdomsorganisasjonar

Natur og Ungdom

4 095

Miljøagentane

3 517

Paraplyorganisasjonar

Sabima

1 402

Kulturvernforbundet

1 402

Regnskogfondet

1 402

Norsk Fyrhistorisk Forening

1 402

Klima- og miljøstiftelsar

Miljøstiftelsen Bellona

1 744

Norsk Kulturarv

958

WWF Noreg

2 567

Zero

1 139

Norsk klimastiftelse

381

Sum

53 907

Post 71 Internasjonale organisasjonar

Midlane under posten er retta mot alle resultatområda. Det er foreslått ei løyving på 94,4 mill. kroner for 2024. Samla er posten auka med om lag 3 mill. kroner. Posten er prisjustert. Vidare er bidraget til FN sitt klimapanel (IPCC) redusert som følgje av at den noverande finansielle situasjonen til IPCC har betra seg.

Mål

Målsetjinga med løyvinga er å medverke til å halde ved lag drifta av organisasjonar, avtalar, konvensjonar og sekretariat som utfører viktig miljøretta arbeid av verdi for Noreg.

Løyvinga skal dekkje obligatoriske bidrag til internasjonale organisasjonar, avtalar, konvensjonar og sekretariat der Noreg deltek aktivt. Løyvinga under denne posten er ei direkte følgje av at Noreg har ratifisert avtalar med budsjettbindingar, eller av at regjeringa har vedteke norsk medlemskap. I tillegg blir det gjeve bidrag til FNs miljøprogram (UNEP). Ordninga er ikkje open for søknad.

Desse internasjonale organisasjonane, avtalane, konvensjonane og sekretariata får bidrag:

  • International Council of Monuments and Sites (ICOMOS)

  • Internasjonalt studiesenter for bevaring og restaurering av kulturminnesmerke (ICCROM)

  • FNs miljøprogram (UNEP)

  • Den internasjonale naturvernunionen (IUCN)

  • Interimssekretariat for konvensjonen om vern av våtmarker (Ramsar-konvensjonen)

  • Konvensjonen om internasjonal handel med trua artar (CITES)

  • Konvensjonen om trekkjande artar av ville dyr (Bonn-konvensjonen)

  • Vassfuglavtalen under Bonn-konvensjonen (AEWA)

  • Albatrossavtalen under Bonn-konvensjonen (ACAP)

  • Flaggermusavtalen under Bonn-konvensjonen (EUROBATS)

  • Rovfuglavtalen under Bonn-konvensjonen

  • Den nordatlantiske laksevernorganisasjonen (NASCO)

  • Konvensjonen om biologisk mangfald (naturmangfaldskonvensjonen/CBD)

  • Protokoll om genmodifiserte organismar (Cartagena-protokollen)

  • Nagoya-protokollen under konvensjon om biologiske mangfald om tilgang til genressursar og ei rettferdig og likeverdig fordeling av fordelar som følgjer av bruken av slike ressursar

  • Konvensjonen om vern av ville europeiske plantar og dyr og leveområda deira (Bern-konvensjonen)

  • Konvensjonen om beskyttelse av ozonlaget (Wien-konvensjonen)

  • Protokoll om stoff som reduserer ozonlaget og HFK-gassar (Montreal-protokollen)

  • FNs klimapanel (IPCC)

  • FNs rammekonvensjon om klimaendringar (UNFCCC)

  • Protokoll som skal redusere utslepp av skadelege klimagassar (Kyoto-protokollen)

  • Det europeiske miljøvernbyrået (EEA)

  • Det europeiske kjemikaliebyrået (ECHA)

  • Fellessekretariat for Oslo- og Paris-konvensjonen og Bonn-avtalen (oljeforureining)

  • Konvensjonen om langtransporterte luftforureiningar (LRTAP-konvensjonen)

  • Det europeiske overvakingsprogrammet for langtransport av luftforureiningar (EMEP)

  • Konvensjonen om kontroll med grenseoverskridande transport av farleg avfall (Basel-konvensjonen)

  • Konvensjonen om persistente organiske sambindingar (Stockholm-konvensjonen)

  • Konvensjonen om notifikasjon og førehandssamtykke ved eksport av kjemikaliar (Rotterdam-konvensjonen)

  • Konvensjonen om kvikksølv (Minamata-konvensjonen)

  • Strategic Approach to International Chemicals Management (SAICM)

  • Konvensjonen om tilgang til miljøinformasjon, deltaking i avgjerdsprosessar og høve til klage- og domstolsprøving på miljøområdet (Århus-konvensjonen)

  • Protokoll om forureina utslepp og utsleppsregister under Århus-konvensjonen (PRTR)

  • Espoo-konvensjonen om grenseoverskridande miljøkonsekvensutgreiingar

  • Kontingent til Unescos verdsarvfond

Oppfølging og kontroll

Kontroll og oppfølging av organisasjonar, avtalar, konvensjonar og sekretariat skjer ved generell formaliakontroll av reviderte rekneskapar og årsrapportar, deltaking i partsmøte, generalforsamlingar, årsmøte og liknande.

Post 74 Tilskot til AMAP, kan overførast

Løyvinga på 5,8 mill. kroner er retta mot resultatområdet Polarområda. Posten er auka med 0,3 mill. kroner.

Mål

Målet med løyvinga er å sikre kunnskap om miljøsituasjonen i Arktis gjennom programmet for arktisk miljøovervaking, Arctic Monitoring and Assessment Programme (AMAP). AMAP er ei arbeidsgruppe under Arktisk råd som skal kartleggje nivå og effektar av forureining og klimaendringar på arktiske økosystem. Arbeidet omfattar overvaking, vurderingar og samanstilling av informasjon om miljøtilstand og klimaendringar i Arktis. Noreg, som vertsland for AMAP-sekretariatet, har teke på seg ei internasjonal forplikting til å ta hand om drifta av arbeidsgruppa. Stiftelsen Sekretariatet til den arktiske miljøovervakings- og vurderingsprogrammet AMAP vart oppretta av Klima- og miljødepartementet for dette formålet.

Oppfølging og kontroll

Klima- og miljødepartementet nemner opp styret i stiftelsen og får årsrapportar, rekneskapar og revisjonsmeldingar.

Rapport 2022

Arbeidet til AMAP-sekretariatet har i 2022 vore sterkt påverka av den geopolitiske situasjonen. Som følgje av Russlands angrepskrig i Ukraina har det vore pause i mykje av aktiviteten under Arktisk råd i 2022. AMAP-sekretariatet har likevel følgt opp arbeidet med rapportar og prosjekt der det har vore aktuelt. I 2022 har AMAP-sekretariatet ferdigstilt og publisert fem vitskaplege utgreiingsrapportar. Desse omhandlar klimaendringar i Arktis, kortliva klimaforureiningar, samverke mellom klimaendringar og miljøgifter, endring i kvikksølvnivå og helseeffektar av forureining. AMAP har også vidareutvikla overvakingsprogramma sine for forureining og klima i 2022. AMAPs langsiktige arbeid er viktig for å dokumentere tilstanden for det arktiske miljøet, som grunnlag for tilrådingar om tiltak, som kunnskapsgrunnlag for nasjonal forvaltning og som bidrag til internasjonale prosessar som Stockholm-konvensjonen, Minamata-konvensjonen og FNs klimapanel.

Post 76 Støtte til nasjonale og internasjonale miljøtiltak, kan overførast

Tilskotsordninga skal medverke til nasjonale tiltak slik at Noreg oppfyller dei internasjonale forpliktingane sine for naturmangfald, klima og forureining og nasjonale mål innanfor alle resultatområda. Tilskotsordninga skal òg medverke til å styrkje arbeidet med miljøspørsmål som er viktige for Noreg, og til å få gjennomslag for norske miljøpolitiske prioriteringar internasjonalt. Løyvinga dekkjer fleire bidrag til nasjonale og internasjonale organisasjonar, avtalar, konvensjonar og sekretariat der Noreg deltek aktivt.

Posten er delt mellom alle resultatområda, jf. omtale under.

Forslag til løyving er 101,7 mill. kroner, ein auke på 2,7 mill. kroner.

Regjeringa foreslår å løyve 5 mill. kroner i investeringstilskot til etablering av verdsarvsenteret på Ornes knytt til Urnes stavkyrkje. Endringar elles er flytting av midlar til korrekt budsjettpost i samsvar med løyvingsreglementet og at tidsavgrensa prosjekt er avslutta.

Naturmangfald og friluftsliv

Midlane er retta mot tiltak som skal medverke til måloppnåing på naturmangfalds- og friluftslivsområdet.

Mål

Posten skal medverke til at Noreg oppfyller dei nasjonale og internasjonale forpliktingane sine innan naturmangfalds- og friluftsområdet.

Tildelingskriterium

Tiltaka er prioriterte med utgangspunkt i nasjonale mål og prioriteringar innanfor resultatområda Naturmangfald og friluftsliv.

I 2024 gjer ein framlegg om å gje tilskot til

  • GRID-Arendal (6,4 mill. kroner)

  • Sekretariat for etter- og vidareutdanning i samfunnsplanlegging (SEVS) (0,3 mill. kroner)

  • Foreininga Norges nasjonalparkkommuner (1,0 mill. kroner)

  • Driftsstøtte til Nordhordland Biosfæreområde (0,5 mill. kroner)

Oppfølging og kontroll

Årsrapportar og reviderte rekneskapar frå gjennomførte prosjekt dannar grunnlaget for ein generell formaliakontroll.

Rapport 2022

På det internasjonale området vart det gitt eit generelt basistilskot til GRID-Arendal. GRID-Arendal har som hovudformål å støtte arbeidet til FNs miljøprogram gjennom utvikling, innhenting og bruk av vitskapleg basert miljøinformasjon og er ein viktig aktør for å styrkje formidlinga av miljødata.

0,45 mill. kroner vart utbetalte til NIVA, knytt til det internasjonale arbeidet i samband med European Topic Center for Water. 2022 var det siste året dette tilskotet stod inne.

Det vart utbetalt tilskot til Sabima til koordinering og gjennomføring av kartlegging i hovudsak i samarbeid med medlemsforeiningane, men også med andre organisasjonar. Resultata frå kartlegginga er rapportar i Artsobservasjonar. 2022 var det siste året dette tilskotet stod inne, sidan midlane i 2023-budsjettet vart flytta til Artsdatabanken og den søkbare tilskotsordninga under kap. 1411, post 70.

I 2022 fekk Miljødirektoratet totalt 16 søknader om tilskot til deltaking i ekspertgrupper under Naturpanelet/IPBES på til saman 3,9 mill. kroner. Den totale potten på 2,2 mill. kroner vart delt på dei ulike søknadene.

Det vart utbetalt tilskot på 1 mill. kroner til foreininga Norges nasjonalparkkommuner. Tilskotet blir brukt til drift av foreininga som består av medlemskommunar som har status som nasjonalparkkommune.

Det vart tildelt 0,5 mill. kroner i driftsstøtte til Nordhordland Biosfæreområde, 0,3 mill. kroner til Sekretariat for etter- og vidareutdanning i samfunnsplanlegging (SEVS) og 0,3 mill. kroner til Maridalens venner for tiltak i Maridalen.

Kulturminne og kulturmiljø

Midlane er retta mot tiltak som skal medverke til måloppnåing på kulturmiljøområdet, jf. resultatområdet Kulturminne og kulturmiljø.

Kriterium for måloppnåing

Alle midlane på posten blir gjevne til øyremerkte formål og disponerte til oppfølging av etablerte samarbeidsavtalar og målretta utviklingstiltak.

Tildelingskriterium

Tiltaka er prioriterte med utgangspunkt i nasjonale mål og prioriteringar innanfor resultatområdet Kulturminne og kulturmiljø.

I 2024 blir det innanfor kulturmiljøområdet foreslått å gje tilskot til

  • Verdsarv / Unesco-World Heritage Leadership Programme (4,3 mill. kroner). Som del av Noregs internasjonale engasjement under verdsarvkonvensjonen blir det etablerte samarbeidet mellom Klima- og miljødepartementet og Unescos rådgjevande organ IUCN og ICCROM vidareført. Arbeidet er organisert som eit programsamarbeid for perioden 2023–2028 (Fase II) og byggjer vidare på det arbeidet som er gjort for å styrkje arbeidet med kapasitetsbygging innanfor den internasjonale verdsarvforvaltninga.

  • Foreningen Fredet (0,2 mill. kroner)

    Foreningen Fredet vart etablert i 2006 som ein landsdekkjande interesseorganisasjon for private eigarar av hus og eigedom freda etter kulturminnelova.

  • Bygg og Bevar (4,0 mill. kroner)

    Bygg og Bevar er ein nettportal mellom det offentlege, næringslivet og dei private eigarane. Tilskotet går til Byggenæringens Landsforbund (BNL). Bygg og Bevar er ei kommunikasjonsplattform for kunnskap og kompetanse på freda og verneverdige bygningar, ein sentral møteplass for eigarar av kulturhistoriske eigedommar og kvalifisert handverkskompetanse.

  • Arbeid med brearkeologisk tryggingsarbeid i Innlandet (0,5 mill. kroner)

    Midlane til dette formålet går til å tryggje dei kulturhistoriske verdiane som kan gå tapt ved at funn som kjem fram ved smelting av snøfonner og isbrear, blir utsette for nedbryting. Den globale oppvarminga fører til at isen i høgfjellsområda gradvis smeltar. Frå 2011 har eit brearkeologisk tryggingsprogram, under leiing av Kulturarveininga ved Innlandet fylkeskommune, berga arkeologiske funn frå isen. Det brearkeologiske tryggingsprogrammet i Innlandet har sidan 2006 samla inn meir enn 3 500 funn frå 53 funnstader, noko som utgjer meir enn halvparten av funna globalt og meir enn 85 pst. nasjonalt. Dei arkeologiske funna frå isen gjev eit sjeldan blikk inn i ei fortidsverd. Nasjonale og internasjonale klimaaktørar samarbeider rundt koplinga mellom funna og klimaet i fortid og notid.

  • Kulturminnedagen (0,6 mill. kroner)

    Norges Kulturvernforbund er ein paraplyorganisasjon for frivillige organisasjonar som arbeider innanfor områda historie og kulturminnevern. Norges Kulturvernforbund har koordineringsansvaret for den årlege markeringa av kulturminnedagen, og tilskotet går til dette formålet.

  • Etter- og vidareutdanning (EVU) (1,6 mill. kroner)

    Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU), bachelorprogrammet i tradisjonelt bygghandverk. Tilskotet skal medverke til å sikre tilgang på kvalifiserte handverkarar som kan setje i stand den freda bygningsmassen.

  • Fortidsminneforeningen (5,2 mill. kroner)

    Fortidsminneforeningen er den eldste kulturvernorganisasjonen i landet, stifta i 1844, og har som mål å sikre verneverdige bygnings- og kulturmiljø. Foreininga er ein stor eigedomsforvaltar. Foreininga eig eigedommar rundt omkring i landet, mellom anna åtte stavkyrkjer, Steinvikholm festning, to mellomalderloft, to gardar på Røros og lystgarden Vøienvolden i Oslo. Dei fleste av eigedommane er opne for publikum, og foreininga driv ei form for museumsverksemd. Foreininga får 5 mill. kroner øyremerkte til museumsdrift.

  • Overføring av staten sine eigedommar på Røros (6,2 mill. kroner)

    Forvaltninga av staten sine eigedommar, som vart kjøpte i 1980 etter koparverket på Røros, vart frå 2018 overførte til Statsbygg. Dette skal sikre at byggverka blir i samsvar med krav frå styresmaktene, at staten etterlever forpliktingane etter verdsarvkonvensjonen, og at vidare bruk og bevaring av eigedommane er i tråd med fredingsformålet. Bygningsvernsenteret ved Rørosmuseet i Musea i Sør-Trøndelag as (MiST) skal utføre antikvarisk istandsetjing og vedlikehald på eigedommane som ledd i forskinga, dokumentasjonen og formidlinga av bergverksverksemda som museet driv. Tilskotet skal dekkje dei årlege forvaltningskostnadene.

  • Norges Verdensarv (1,1 mill. kroner)

    Norges Verdensarv er ein organisasjon som tek vare på interessene til dei åtte norske verdsarvområda. I dag er 20 kommunar og 7 fylkeskommunar medlemmer.

  • Norges metallsøkerforening (0,3 mill. kroner)

    Som oppfølging av ambisjonen til regjeringa om støtte til landsdekkjande frivillige kulturvernorganisasjonar blir Norges metallsøkerforening tildelt eit driftstilskot på 0,3 mill. kroner.

  • Kartlegging av freda hytter på Svalbard (2 mill. kroner)

    Midlane skal gå til kartlegging og tilstandsvurdering av staten sine freda hytter på Svalbard for å få eit betre grunnlag for å prioritere kva for bygningar som skal sikrast og setjast i stand. Tiltaket vil òg bidra til betre utnytting av Sysselmeisterens ressursar til forvaltning av dei freda bygningane på Svalbard.

    - Investeringstilskot verdsarvsenter (5 mill. kroner). Midlane er eit investeringstilskot for etablering av verdsarvsenter. Midlane skal nyttast til nybygg og ombygging av eksisterande bygg for etablering av verdsarvsenter. Midlane kan òg nyttast til å rehabilitere og byggje om på eksisterande autoriserte verdsarvsenter. Senter med konkrete planar og forpliktande medfinansiering er prioriterte. Det vil bli lagt vekt på at tilskotet, der forholda ligg til rette for det, blir sett i samanheng med andre relevante statlege tilskotsordningar. Nye verdsarvsenter skal framleis som hovudregel etablerast med samlokalisering av eksisterande relevante institusjonar. I 2024 går tilskotet til etablering av verdsarvsenteret på Ornes knytt til Urnes stavkyrkje.

Oppfølging og kontroll

Det blir motteke rapportar og reviderte rekneskapar. Kontrollen skjer ved generell formalia- og sannsynskontroll.

Rapport 2022

Desse tiltaka fekk tilskot i 2022: Internasjonal verdsarv, kapasitets- og kompetansebyggingsaktivitetar i regi av Unescos rådgjevande organ IUCN og ICCROM som oppfølging av Noregs internasjonale engasjement under verdsarvkonvensjonen, og dei seks autoriserte verdsarvsentera (Vega, Vestnorsk fjordlandskap, Alta, Røros og Circumferensen, Industriarven Rjukan-Notodden og Urnes). I tillegg fekk desse tiltaka tilskot i 2022: Foreningen Fredet, Etter- og vidareutdanning (EVU), Bygg og Bevar, Klimapark 2469, Fortidsminneforeningen, Kulturminnedagen, Norges Verdensarv, Bygningsvernsenteret ved Rørosmuseet i Musea i Sør-Trøndelag as (MiST), rassikring ved Øvre Storwartz, kartlegging av freda hytter på Svalbard og Norges metallsøkerforening.

Forureining

Midlane er retta mot tiltak som skal medverke til måloppnåing på forureiningsområdet.

Mål

Posten skal

  • medverke til nasjonale tiltak slik at Noreg oppfyller dei internasjonale pliktene sine innan forureiningar

  • styrkje arbeidet med miljøspørsmål som er viktige for Noreg, og å få gjennomslag for norske miljøpolitiske prioriteringar internasjonalt

  • medverke til ein meir grøn og sirkulær økonomi

Tildelingskriterium

Tiltaka er prioriterte med utgangspunkt i nasjonale mål og prioriteringar innanfor resultatområdet Forureining.

I 2024 blir det foreslått å gje tilskot til

  • Matvett AS til arbeidet med reduksjon av matsvinn og for medverknaden deira til oppfølginga av avfallsstrategien (0,8 mill. kroner)

  • Norsk institutt for luftforsking (NILU) (5,0 mill. kroner). NILU leier i perioden 2022–2026 «European Topic Centre on Human health and Environment» under «The European Environment Agency» (EEA). NILU er i same perioden òg deltakar i «European Topic Centre on Climate Change Mitigation» og «European Topic Centre on Digitalisation and data Integration» under EEA. Vidare har NILU leiaroppgåver i «Forum for Air Quality Modelling» (FAIRMODE) under EU-kommisjonens Joint Research Centre (JRC).

  • Meteorologisk institutt til internasjonale oppgåver under EMEP (0,35 mill. kroner)

  • Sekretariat for Conservation of Arctic Floraand Fauna (CAFF) (0,22 mill. kroner)

  • Sekretariat for Protection of Arctic Marine Environment (PAME) (0,28 mill. kroner)

  • Sekretariat for avtalen om vern av isbjørn (0,3 mill. kroner)

  • GRID-Arendals arbeid med marin forsøpling (3 mill. kroner)

  • Tilskot til NHO – til nasjonalt program for leverandørutvikling for klimasmarte offentlege anskaffingar (0,25 mill. kroner)

  • Tilskot til European Forum of Judges for the Environment (0,4 mill. kroner)

  • Støtte til det internasjonale kjemikaliearbeidet (2 mill. kroner)

  • Tilskot til internasjonale og nasjonale organisasjonar som arbeider med marin forsøpling globalt (5 mill. kroner)

  • NILU og NIVAs internasjonale og nasjonale arbeid med effektar av luftforureining under konvensjonen om langtransporterte luftforureiningar (NILU 0,37 mill. kroner og NIVA 2,5 mill. kroner)

  • Oppfølging av arbeidet med sirkulær økonomi (9,45 mill. kroner)

Oppfølging og kontroll

Det blir motteke rapportar og reviderte rekneskapar. Kontrollen skjer ved generell formalia- og sannsynskontroll.

Rapport 2022

Det er gjeve støtte til Matvett AS for arbeid med å kartleggje og redusere matsvinn som ei oppfølging av avfallsstrategien og betalt kontingent til NHO for at Klima- og miljødepartementet skal medverke til leverandørutviklingsprogrammet.

Conservation of Arctic Flora and Fauna (CAFF) og Protection of Arctic Marine Environment (PAME) er Arktisk råds arbeidsgrupper for bevaring av arktisk naturmangfald og arktisk havmiljø. Klima- og miljødepartementet har gjeve støtte til Noregs andel av kostnadene til drifta av dei internasjonale sekretariata for CAFF og PAME på Island og til sekretariatet for avtalen om vern av isbjørn.

Departementet har òg gjeve støtte til det Europeiske Forum av dommarar for miljø.

Vidare er det gjeve tilskot til institutt som arbeider internasjonalt innanfor resultatområdet til departementet. Institutta har viktige internasjonale oppgåver og representerer Noreg i ulike samanhengar. Meteorologisk institutt har rolla som internasjonalt meteorologisenter under konvensjonen om langtransportert grenseoverskridande luftforureining og Det europeiske samarbeidsprogrammet for overvaking og måling av luftforureiningar (EMEP). NIVA og NILU fekk støtte til det internasjonale og nasjonale arbeidet sitt med effektar av luftforureiningar.

Norsk institutt for luftforsking (NILU) arbeider som temasenter på ulike fagområde under The European Environment Agency (EEA). Instituttet er valt ut til arbeidet for EEA i konkurranse med liknande institutt i andre europeiske land. EEA har som føresetnad at institutta kan finansiere delar av kostnadene som Topic Centre nasjonalt. Tilskotet frå Klima- og miljødepartementet dekkjer delar av kostnadene ved NILUs arbeid for EEA. Arbeidet Meteorologisk institutt og NILU utfører for EMEP og EEA, utgjer òg eit viktig grunnlag for utvikling av lovgjeving i EU på desse fagområda.

Midlane til internasjonale tiltak på miljøgifter vart i 2022 utbetalte til dei internasjonale konvensjonane om kjemikaliar og til forhandlingane om nytt globalt panel for kjemikaliar, avfall og hindre forureining.

Det er gjeve støtte til det globale arbeidet mot marin forsøpling, mellom anna eit tilskot til GRID-Arendal.

Det er òg gjeve støtte til å følgje opp strategien for sirkulær økonomi, mellom anna med støtte til Miljømerking, LOOP, Eyde-klyngen, Norske Kommuners Sentralforbund og Hovedorganisasjonen Virke.

Klima

Klimaområdet er delt inn i to underområde, nasjonalt og internasjonalt.

Nasjonalt

Midlane er retta mot tiltak som skal medverke til å nå måla på det nasjonale klimaområdet.

Mål

Posten skal

  • medverke til nasjonale tiltak slik at Noreg oppfyller dei internasjonale pliktene sine innanfor klima og nasjonale mål innanfor dette resultatområdet

  • styrkje arbeidet med miljøspørsmål som er viktige for Noreg, og for å få gjennomslag for norske miljøpolitiske prioriteringer internasjonalt

Tildelingskriterium

Tiltaka er prioriterte med utgangspunkt i nasjonale mål og prioriteringar innanfor resultatområdet Klima.

I 2024 blir det foreslått innanfor det nasjonale klimaområdet å gje tilskot til

  • reisestøtte i samband med internasjonale klima- og miljømøte (0,575 mill. kroner)

  • oppstart av arbeidet med 7. hovudsyklus (IPCC 5,7 mill. kroner)

  • ForUM for Utvikling og Miljø (0,577 mill. kroner)

  • tilskot til NHO – Grønt Landtransportprogram (1,575 mill. kroner)

Oppfølging og kontroll

Det blir motteke rapportar og reviderte rekneskapar. Kontrollen skjer ved generell formalia- og sannsynskontroll.

Rapport 2022

Nasjonalt senter for berekraftig omstilling (NABO) fekk eit tilskot på 0,5 mill. kroner. Midlane vart mellom anna brukte til å støtte etableringa av nye nabolagsnettverk som arbeider med lokale berekraftsløysingar.

ForUM vart tildelt 0,55 mill. kroner i driftsstøtte i 2022. ForUM lagar samstemte og koordinerte innspel frå norsk sivilsamfunn til regjeringa og Stortinget. Dei er bindeledd mellom sivilsamfunn og norske styresmakter under fleire internasjonale prosessar. I 2022 arbeidde dei mellom anna med nasjonale og internasjonale prosessar om naturmangfald og klima og på FNs miljøforsamling. ForUM deltok òg som observatør under FNs havkonferanse.

Det vart gjeve tilskot til etablering av Grønt landtransportprogram (GLP) i 2022 på 2 mill. kroner. Midlane gjekk til etablering og oppstart av programmet. Formålet med programmet er å bidra til betre informasjonsflyt mellom aktørane i bransjen. Forumet blir til dømes brukt til å dele erfaringar frå diverse pilotprosjekt. Det er mellom anna sett i gang pilotprosjekt om elektrisk varetransport i Oslo-området, fossilfrie langdistansebussar og prosjekt med biogass som brensel.

Det vart gjeve reisestønad til ulike norske ideelle organisasjonar for deltaking i møte i dei internasjonale klimaforhandlingane.

Noreg har støtta arbeidet med rapportar i tilknyting til FNs klimapanels sjette hovudsyklus, i form av tilskot til institusjonar som har medlemmer i forfattarteamet til synteserapporten og i byrået til FNs klimapanel.

Internasjonalt

Midlane er retta mot tiltak som skal medverke til å nå måla på det internasjonale klimaområdet.

Mål

Posten skal styrkje arbeidet og internasjonale prosessar på klimaområdet som er viktige for Noreg, og få gjennomslag for norske miljøpolitiske prioriteringar internasjonalt.

Tildelingskriterium

Tiltaka er prioriterte med utgangspunkt i nasjonale mål og prioriteringar innanfor klimaområdet der styrkt internasjonalt samarbeid er heilt nødvendig for å møte klimautfordringa og oppnå det langsiktige temperaturmålet.

I 2024 blir det foreslått innanfor det internasjonale klimaområdet å gje tilskot til

  • Climate and Clean Air Coalition, (CCAC) (8 mill. kroner), Noregs bidrag til Koalisjonen for klima og rein luft sitt Trust Fund under UNEP. Dei arbeider med å redusere utslepp med klimaeffekt på kort sikt, som også fører til luftforureining.

  • Internasjonalt klimaarbeid som støttar opp under utvikling av forpliktande samarbeid under Parisavtalen (5 mill. kroner) (støtte til konferansar, møte, seminar, tilskot til internasjonale organisasjonar osv.)

Vidare skal midlane nyttast til

  • Klimasekretariatets arbeid med å støtte gjennomføringa av Parisavtalen og klimakonvensjonen (10 mill. kroner)

Oppfølging og kontroll

Det blir motteke rapportar og reviderte rekneskapar. Kontrollen skjer ved generell formalia- og sannsynskontroll.

Rapport 2022

Klima- og miljødepartementet gav i 2022 støtte på 7,5 mill. kroner til Koalisjonen for klima og rein luft (CCAC) sitt arbeid med å redusere utslepp med klimaeffekt på kort sikt, hovudsakleg metan, hydrofluorkarbon og svart karbon. CCAC har også fått særskilt ansvar for Global Methane Pledge, der dei er ein kjernepartnar for implementering. Innsatsen er retta mot kunnskapsutvikling, kapasitetsbygging på styresmaktsnivå og tiltak i sektorar som mellom anna avfall, olje og gass og landbruk.

Det vart gjeve støtte til internasjonale prosessar for å styrkje internasjonalt klimasamarbeid. Klima- og miljødepartementet har mellom anna prioritert prosessar som støttar opp om arbeidet til sekretariatet med gjennomføring og utvikling under Parisavtalen. Det vart òg gitt stønad til anna klimaarbeid under OECD, arbeid for å fremje marknadssamarbeid under Parisavtalen, samarbeid mellom ambisiøse land i Cartagena-dialogen og den uformelle forhandlingsdialogen under C2ES. Det var opphavleg planlagt å finansiere ei sekondering til Verdsbankens arbeid med luftforureining i India, men dette lèt seg ikkje gjennomføre i praksis. Av dei planlagde midlane vart difor 1,5 mill. kroner omdisponerte til Koalisjonen for klima og rein luft (CCAC).

Tilskot har også blitt gjeve til aktivitetar som støttar arbeid i sluttfasen av den sjette hovudsyklusen til FNs klimapanel (IPCC), og til oppstarten av den sjuande hovudsyklusen. Tilskotet har mellom anna gått til sluttarbeid med formidlingsmateriale og til det globale karbonprosjektet, som er ein særskilt viktige premissleverandørar for det kommande arbeidet til panelet.

Det vart òg gjeve støtte/tilskot til nokre møte i samband med internasjonalt klimaarbeid der Klima- og miljødepartementet har ei sentral rolle.

Kap. 4400 Klima- og miljødepartementet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2022

Saldert budsjett 2023

Forslag 2024

02

Ymse inntekter

4

496

518

03

Refusjon frå Utanriksdepartementet

34 667

30 473

39 231

Sum kap. 4400

34 671

30 969

39 749

Post 02 Ymse inntekter

Det er budsjettert med om lag 0,5 mill. kroner frå diverse inntekter. Under denne posten fører departementet meir tilfeldige inntekter. Meirinntekter under denne posten gjev grunnlag for tilsvarande meirutgifter under kap. 1400, post 01 Driftsutgifter, jf. forslag til vedtak II.

Post 03 Refusjon frå Utanriksdepartementet

Det er budsjettert med 39,2 mill. kroner i refusjon frå Utanriksdepartementet i samband med utgifter til medlemskap i Den internasjonale naturvernunionen (IUCN), konvensjon om internasjonal handel med trua artar, FNs klimasekretariat, FNs rammekonvensjon om klimaendringar, Montrealprotokollen og FNs miljøprogram, som alle er utgiftsførte over kap. 1400, post 71 Internasjonale organisasjonar. Posten er auka med 8,8 mill. kroner som kjem av den svekka kursen på norske kroner.

Kap. 1410 Kunnskap om klima og miljø

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2022

Saldert budsjett 2023

Forslag 2024

21

Miljødata

421 041

398 462

445 396

23

MAREANO, kan overførast

54 957

64 121

68 037

50

Grunnløyvingar til miljøinstitutta under Noregs forskingsråd

221 190

227 547

242 217

51

Forskingsprogram under Noregs forskingsråd

384 190

393 720

408 877

53

Internasjonalt samarbeid om klima- og miljøkunnskap

7 419

7 532

70

Nasjonale oppgåver ved miljøinstitutta

41 157

43 613

55 883

72

Tilskot til NORCE – Senter for biotryggleik

5 448

5 602

Sum kap. 1410

1 135 402

1 140 597

1 220 410

Kap. 1410 Kunnskap om klima og miljø omfattar midlar til å utvikle eit heilskapleg kunnskapsgrunnlag på tvers av alle resultatområda. Dette omfattar mellom anna miljødata, basisløyvingar til miljøinstitutta, forsking finansiert gjennom Noregs forskingsråd og andre tilskot til miljøinstitutta.

Klima- og miljøpolitikken skal vere kunnskapsbasert. I Klima- og miljødepartementets kunnskapsstrategi 2021–2024 er kunnskapssystemet for klima og miljø nøkkelordet. Systemet har mange byggjesteinar og ulike aktørar. Strategien definerer mål, delmål og konkrete tiltak. Strategien peiker òg på viktige kunnskapsbehov framover og behovet for strategisk arbeid med kunnskapsproduksjon, samanstilling og formidling. Eit godt felles kunnskapsgrunnlag føreset eit godt samarbeid mellom dei ulike sektorane. Klima- og miljødepartementet har difor ein interdepartemental dialogarena for klima- og miljøkunnskap.

Regjeringa la fram ein ny langtidsplan i 2023: Meld. St. 5 (2022–2023) Langtidsplan for forskning og høyere utdanning 2023–2032. Dei tre måla er

  • styrkt konkurransekraft og innovasjonsevne

  • miljømessig, sosial og økonomisk berekraft

  • høg kvalitet og tilgjenge i forsking og høgare utdanning

I tillegg til måla har regjeringa seks prioriterte område:

  • hav og kyst

  • helse

  • klima, miljø og energi

  • mogleggjerande og industrielle teknologiar

  • samfunnstryggleik og beredskap

  • tillit og fellesskap

Klima- og miljødepartementet samkøyrer arbeidet med klima, miljø og energi.

Klima- og miljødepartementet deltek i arbeidet med det målretta samfunnsoppdraget om berekraftig fôr, som vart lansert i Langtidsplan for forskning og høyere utdanning20232032.

I Stortingets Innst. 170 S (2022-2023) til langtidsplanen meiner fleirtalet i Utdannings- og forskingskomiteen at det bør utviklast fleire samfunnsoppdrag innanfor grøn omstilling og vekst. Eit av desse bør rettast inn mot sirkulære løysingar og meir berekraftig bruk av naturen, og knytte dette til digitalisering som eit sentralt premiss for grøn omstilling. Fleirtalet meiner vidare at planlegginga av eit tredje samfunnsoppdrag bør setjast i gang så tidleg som mogleg i planperioden. For å følgje opp merknaden til fleirtalet vil regjeringa greie ut et nytt samfunnsoppdrag om sirkulær økonomi. Eit slikt samfunnsoppdrag vil kunne bidra med løysningar for å gjere økonomien og samfunnet meir sirkulært, i tråd med prioriteringane i Hurdalsplattforma. Regjeringa har der som ambisjon at Noreg skal være et føregangsland i utviklinga av ein grøn, sirkulær økonomi som utnyttar ressursane betre. Klima- og miljødepartementet vil lede arbeidet med utgreiinga og inkludere dei andre relevante departementa. Utgreiinga vil gjere det mogleg å hauste erfaringar frå allereie igangsette samfunnsoppdrag og sikre god utnytting av verktøyet samfunnsoppdrag.

Post 21 Miljødata

Midlane under posten dekkjer dei fleste resultatområda. Det er foreslått ei samla løyving på om lag 445,4 mill. kroner for 2024. Posten er samla sett foreslått auka med 46,9 mill. kroner frå saldert budsjett 2023. Posten er prisjustert med 23,9 mill. kroner.

Kunnskapsgrunnlaget er berebjelken for kunnskapsbasert forvaltning av klima og miljø. Kunnskapsbasert forvaltning føreset ei kontinuerleg innhenting av kunnskap om natur og miljø. Kunnskapen om tilstanden og utviklinga til miljøet er grunnlag for alle nasjonale råd og avgjerder om miljø og er nødvendig for å setje mål for miljøpolitikken og vurdere i kva grad dei nasjonale miljømåla blir nådde. Innsamling av miljødata er òg grunnlag for all formidling av miljøkunnskap, for vurderingar av behova for og effektar av verkemiddel, for internasjonal rapportering, for arealforvaltning m.m.

Posten dekkjer utgifter til å hente inn miljødata og skaffe kunnskap ved å kartleggje og overvake tilstand, påverknader og effektar av desse på miljøet. Posten inneheld òg midlar til infrastruktur for miljødata, inkludert etablering og drift av ulike digitale løysingar, databasar og statistikk. Nokre midlar går òg til overvaking av kulturminne og kulturmiljø. Oversikt over status og utvikling for indikatorar for dei nasjonale klima- og miljømåla går fram av Miljøstatus.no.

Mange endringar i miljøtilstanden skjer gradvis. For å få kunnskap om korleis miljøtilstanden utviklar seg, treng vi tidsseriar med overvakingsdata samla over lang tid. Overvakingsprogramma må difor gå over fleire år for å sikre eit godt kunnskapsgrunnlag for tiltak og politikkutvikling for å nå nasjonale mål.

Naturovervakinga omfattar overvaking av status og utvikling for artar og naturtypar. Data frå overvaking og kartlegging av natur er eit viktig og nødvendig kunnskapsgrunnlag for miljøforvaltninga, for vidare utvikling av fagsystem for økologisk tilstand og for utviklinga av ein naturrekneskap.

Vi treng òg overvaking av viktige faktorar som påverkar miljøet. Overvaking av påverknader og effektar omfattar mellom anna overvaking av forureiningar og farlege kjemikaliar og effektar av klimaendringar.

I tillegg pliktar Noreg gjennom ei rekkje internasjonale miljøavtalar å dokumentere utviklinga i miljøet og dei faktorane som påverkar miljøtilstanden. Noreg deltek òg i ei rekkje internasjonale overvakingsprogram. Resultata frå desse programma er det viktigaste grunnlaget for revisjon av eksisterande internasjonale avtalar og etablering av nye.

Forsking er nødvendig for å sikre best moglege metodar for å samle inn kartleggings- og overvakingsdata. Kompetansen i forskingsmiljøa er òg sentral når overvakingsresultata skal tolkast. Miljøforvaltninga skal sikre bruk av ny teknologi og kostnadseffektive løysingar i kartleggings- og overvakingsarbeidet. Der det er relevant og formålstenleg, skal anskaffingar vere «teknologinøytrale» og baserte på ytings- og funksjonsspesifikasjonar. Kunnskapsdata om rovvilt som eit viktig basiselement for rovviltforskinga i Skandinavia er òg finansiert over posten.

Miljødirektoratet har ein strategisk plan for økologisk grunnkart (2022–2026), og midlar i posten er innretta for å følgje opp denne. Kjernen i økologisk grunnkart er å innhente stadfesta miljøinformasjon, i hovudsak gjennom kartlegging av naturtypar baserte på Natur i Norge-systemet i område med stor aktivitet og stort utbyggingspress, og dessutan innhenting av andre typar stadfesta miljøinformasjon, mellom anna artar, økosystem, landskapstypar og landskapsøkologiske samanhengar (grøn infrastruktur) og miljøvariablar. Andre viktige innsatsar er å vidareutvikle standardisert anerkjend kartleggingsmetodikk til bruk i konsekvensutgreiingar og utvikle heildekkjande kart for Noreg med naturinformasjon, til nytte i arealplanprosessar, dette er eit større utviklingsløp. I tillegg dekkjer posten drift og nødvendig utvikling av portal for økologiske grunnkart.

Å etablere og drifte offisiell statstikk er ein del av kunnskapsgrunnlaget for å vurdere tilstand og utvikling over tid. Arbeidet med å utvikle eksisterande miljøstatistikk og utvikle nye statistikkar knytte til nasjonalt statistikkprogram og til internasjonale rapporteringsforpliktingar blir mellom anna finansiert over miljødataposten. Kontraktsfesta midlar til løpande produksjon av offisiell statistikk i SSB blir finansierte frå Finansdepartementets budsjett frå 2023.

Data frå miljøkartlegging er, som data frå miljøovervaking og -statistikk, ein viktig del av grunnlaget for Miljøstatus.no.

Rapport 2022

Midlane på posten vart i 2022 nytta til miljøkartlegging av natur og ei rekkje langsiktige overvakingsprogram.

Overvakingsprogramma dekkjer ulike miljøtema som naturmangfald, klima, forureining og kulturminne. Overvakinga blir koordinert av direktorata, og resultata blir rapporterte til departementet. Lange tidsseriar og data frå miljøovervakinga inngår i nasjonale miljøindikatorar og blir formidla på Miljøstatus.no og nettsidene til direktorata. Resultat frå overvakinga blir òg publiserte gjennom fagrapportar som blir gjevne ut av direktorata og dei institutta og forskingsmiljøa som gjennomfører overvakinga. I tillegg til nasjonale formål blir resultata også nytta i internasjonale miljøavtalar. Miljøovervaking gjev dermed effektar på nasjonale og internasjonale tiltak og regelendringar. Til dømes er resultata frå miljøgiftovervakinga viktige i internasjonale diskusjonar om å forby eller regulere farlege kjemikaliar. Overvakingsdata frå naturovervakinga er grunnlag for indikatorsystemet knytt til fagsystem for fastsetjing av økologisk tilstand. Relevante overvakingsdata frå naturovervaking blir nytta som grunnlag for Naturindeks for Norge, som saman med fagsystem for fastsetjing av økologisk tilstand er ein hovudindikator for det nasjonale målet om at økosystema skal ha god tilstand og levere økosystemtenester. Overvakingsdata blir oppdaterte kvart år, medan ei samla oppdatering av heile naturindeksen skjer kvart femte år.

I 2022 har vi fått mykje ny kunnskap som er viktig for å forvalte norsk natur. Vi har mellom anna oppdaga tydelege klimaeffektar på livet i vatn, funne at mikroplast er spreidd i heile Noreg, oppdaga fleire hundre nye insektartar, målt historisk god luftkvalitet i Aust-Finnmark og stadfesta at havet har blitt 30 pst. surare dei siste 40 åra. Miljødirektoratet har også utvikla eit nytt overvakingsprogram for smågnagarar og arrangert ein overvakingsdag der dei nyaste resultata frå utvalde program vart presenterte.

Ein stor del av midlane frå posten til miljøkartlegging vart nytta til kartlegging av naturtypar på land som er raudlista eller har sentrale oppgåver i eit økosystem, og til kartlegging av artane i desse naturtypane. I 2022 kartla feltbiologar om lag 2 300 kvadratkilometer på oppdrag frå Miljødirektoratet. I tillegg vart det kartlagt om lag 550 kvadratkilometer på oppdrag frå andre, til dømes i samband med konsekvensutgreiingar. Område frå nord til sør som er utsette for utbyggingspress, vart prioriterte. Statsforvaltaren medverka i å velje ut område, varsle og følgje opp grunneigarar og i kvalitetssikringa av data frå oppdrag om kartlegging. Midlar frå posten har òg gått til å utvikle og drifte tekniske verktøy knytte til kartlegginga av naturtypar. Resultata frå kartleggingane på land er publiserte på kart og utgjer eit viktig kunnskapsgrunnlag i arealplanprosessar.

Arbeidet med miljøkartlegging er i tråd med Miljødirektoratets strategiske plan for økologisk grunnkart (2022–2026). Ekspertgrupper har jobba med å utvikle kartleggingsinstruksar for kartlegging av naturtypar i marine område og i ferskvassområde etter Natur i Norge-systemet. Det vart utført uttesting i felt i samband med dette. Vidare vart det jobba med å utvikle kunnskapsgrunnlag for landskapsøkologiske samanhengar (grøn infrastruktur). Det vart òg nytta midlar til heildekkjande kartlegging av natur ved bruk av fjernmåling og modellering, men her trengst det mykje utviklingsarbeid.

Artsdatabanken driftar kartportalen for økologisk grunnkart. Direktoratsgruppa for økologisk grunnkart bidreg med å peike ut kva kart som bør inngå i portalen, og leggje til rette nye kartlag. Eit sentralt kart i portalen er kartet som viser resultata frå kartlegginga av naturtypar.

Miljødirektoratet er nasjonalt samordningsorgan for miljødata og kartlegg og overvaker miljøtilstand og -utvikling i samarbeid med andre etatar og kunnskapsmiljø. Polarinstituttet koordinerer polarovervaking, og Direktoratet for strålevern og atomtryggleik koordinerer overvaking knytt til radioaktivitet. Riksantikvaren koordinerer overvakinga av kulturminne og kulturmiljø.

I 2022 var det ein prosess for å rammeoverføre til Finansdepartementet kontraktsfesta midlar til løpande produksjon av offisiell statistikk i Statistisk sentralbyrå (SSB), som vart gjeldande frå 2023-budsjettet. I samband med arbeidet er grensene mellom oppdrag og offisiell statistikk avklarte.

Post 23 Mareano, kan overførast

Midlane under posten dekkjer dei fleste resultatområda.

Det er foreslått ei løyving på posten på 68 mill. kroner for 2024. Posten er auka med prisjustering på posten.

Posten dekkjer Klima- og miljødepartementets del av utgiftene til Mareano-programmet. Mareano-programmet kartlegg havbotnen i norske havområde gjennom systematisk innsamling av data om djupn og om geologi, landskap, naturmangfald og forureining på havbotnen. Formålet med kartlegginga er å medverke til ei kunnskapsbasert forvaltning av dei havbaserte næringane og dei marine økosystema. Mareano-programmet set ein ny standard for kunnskap om havbotnen og har vekt internasjonal merksemd.

Rapport 2022

Frå starten i 2005 og til og med 2022 har Mareano-programmet djupnemålt totalt cirka 292 000 km2, og det blir i tillegg nytta djupnedata frå andre aktørar. Djupnemålingane dannar grunnlaget for detaljrike djupnekart over sjøbotnen og blir òg brukte til planlegging og kartlegging av geologisk, biologisk og kjemisk miljøtilstand på sjøbotnen. Totalt 272 000 km2 sjøbotn er kartlagde i felt med omsyn til geologi, biologi og kjemi. Dei høgoppløyselege djupnekarta er òg eit viktig datagrunnlag for å modellere utbreiing av naturtypar og biotopar og for å identifisere sannsynlege førekomstar av korallrev på havbotnen. I 2022 starta Mareano-programmet kartlegging i Nordsjøen, eit område med stor merksemd og behov for kunnskap om sjøbotnen. Vêr og sjøis skapte nokre utfordringar, men djupnekartlegging vart gjennomført i både Nordsjøen og på Spitsbergenbanken i Barentshavet – til saman 3 362 km2. Kartlegging og innsamling av geologiske, biologiske og kjemiske data som gjev nærmare dokumentasjon av naturtypar og miljøforholda på havbotnen, vart gjorde i Nordsjøen og område nord for Svalbard. Totalt vart om lag 11 372 km2 kartlagde med omsyn til geologi, biologi og kjemi i 2022. Mareano har mellom anna terrengkart og sedimentkart frå område i Norskehavet og Spitsbergenbanken og kart over søppel og trålspor. Eit nytt, heilskapleg biotopkart modellert over heile det kartlagde sjøområdet vart levert til Faglig forum til bruk i arbeidet med revisjon av forvaltningsplanane. Rapporteringa av resultat skjer gjennom www.mareano.no og Norge digitalt (www.geonorge.no). Sedimentkart er tilgjengelege for bruk om bord på fiskefartøy. Ni metodeutviklingsprosjekt vart òg gjennomførte i 2022, mellom anna knytt til maskinlæring og kunstig intelligens og til testing av nytt utstyr til framtidig bruk i djuphavskartlegging.

Post 50 Grunnløyvingar til miljøinstitutta under Noregs forskingsråd

Mål

Formålet med grunnløyvinga er å dekkje langsiktig kunnskaps- og kompetansebygging og stimulere til høg vitskapleg kvalitet, internasjonalisering og samarbeid innan heile breidda av dei faglege aktivitetane til miljøinstitutta. Fordelingsarenaen for miljøinstitutta inkluderer Norsk institutt for luftforsking (NILU), Norsk Institutt for naturforsking (NINA), Norsk institutt for kulturminneforsking (NIKU), Norsk institutt for vassforsking (NIVA), Senter for klimaforsking (CICERO), Nansensenteret (NERSC – Nansen Environmental and Remote Sensing Center), Transportøkonomisk institutt (TØI) og NORCE (Klima og miljø).

Noregs forskingsråd har ansvaret for fordelinga i tråd med retningslinjene for statlege grunnløyvingar til forskingsinstitutt. Ein del av løyvingane er fast, og ein del er resultatbasert.

Det er foreslått ei løyving på posten på om lag 242,2 mill. kroner for 2024.

Posten er samla sett auka med om lag 14,7 mill. kroner.

Oppfølging og kontroll

Miljøinstitutta sender årsrapportar og reviderte rekneskapsoversyn for løyvingane til Noregs forskingsråd. Klima- og miljødepartementet får rapport frå Noregs forskingsråd. Kontroll skjer ved generell formalia- og sannsynskontroll.

Rapport 2022

Midlane på posten vart nytta til å dekkje grunnløyvinga til fordelingsarena for miljøinstitutta.

Post 51 Forskingsprogram under Noregs forskingsråd

Midlane under posten er retta mot forskingsprogram innanfor alle resultatområda. Midlane under posten blir kanaliserte gjennom Noregs forskingsråd. Post 53 Internasjonalt samarbeid om klima- og miljøkunnskap er frå 2024 innlemma i post 51.

Målet for miljøforskinga er å medverke til å styrkje kunnskapsgrunnlaget for eit effektivt miljøarbeid med stor vekt på relevans og for ei berekraftig ressursforvaltning og samfunnsplanlegging. Miljøforskinga skal gje eit godt kunnskapsunderlag for nasjonale forvaltningsoppgåver, for avgjerder i politikkutforming og som grunnlag for internasjonalt miljøsamarbeid. Tildelinga over kap. 1410.51 skal finansiere forsking som medverkar til å nå dei nasjonale og internasjonale klima- og miljømåla og fremjar grøn og rettferdig omstilling. Posten dekkjer kontingent for medlemskap i International Institute for Applied Systems Analysis (IIASA). IIASA er eit internasjonalt forskingsinstitutt som mellom anna produserer analysar, vurderingar, utviklar strategiar og er rådgjevar i EU-arbeidet med klima- og luftforureiningar. Bidrag frå instituttet er eit nødvendig grunnlag for dei internasjonale forhandlingane om reduksjon av sur nedbør og andre konsekvensar av luftforureiningar.

Klima- og miljødepartementets kunnskapsstrategi 2021–2024 beskriv kunnskapsbehova fram mot 2030 og skal leggjast til grunn for forskingsprioriteringane. I tillegg gjev dei langsiktige prioriteringane i Langtidsplan for forskning og høyere utdanning 2023–2032 overordna føringar for tildelingane som Klima- og miljødepartementet gjer til Forskingsrådet. Det er foreslått ei løyving på posten på om lag 416,6 mill. kroner for 2024. Posten er samla sett auka med om lag 15,2 mill. kroner. Det er rammeoverført 1,5 mill. kroner til Kunnskapsdepartementet sitt kap. 285, post 55, til oppfølging av MAROFF-programmet som skal bidra til raskare grøn omstilling i maritim næring og styrkt norsk grøn konkurransekraft. Midlane skal gå til prosjekt som gjev betydelege utsleppskutt også i internasjonal skipstrafikk, og prosjekt som er industrielt skalerbare. Forskings- og utviklingsinnsatsen på nullutsleppsløysingar for store skip (Maritim zero 2050) blir vidareført.

Mål

Noregs forskingsråd er eit viktig verkemiddel for å nå dei forskingspolitiske måla til regjeringa. Forskingsrådet har fem mål:

  • auka vitskapleg kvalitet

  • auka verdiskaping i næringslivet

  • å møte store samfunnsutfordringar

  • eit velfungerande forskingssystem

  • god rådgjeving

Måla er felles for alle departementa. Kunnskapsdepartementet har i samarbeid med departementa og Forskingsrådet utarbeidd eit system for departementa si styring av Forskingsrådet. Den samla måloppnåinga for verksemda og økonomisituasjonen i Noregs forskingsråd er omtalte i Kunnskapsdepartementets budsjettproposisjon for 2023.

Oppfølging og kontroll

Departementet har styringsmøte med Noregs forskingsråd kvart halvår.

Rapport 2022

I 2022 vart løyvinga mellom anna nytta til finansiering av utlysningar innafor Miljøforsk, Marinforsk, Klimaforsk, Energix, Bionær, Bedre helse, Polarforskingsprogram, Romforsk og Transport. Forskingsrådets departementsvise årsrapport for Klima- og miljødepartementet gjev meir detaljert rapportering om bruken av midlane.

Post 53 Internasjonalt samarbeid om klima- og miljøkunnskap

Posten er frå 2024 innlemma i post 51.

Oppfølging og kontroll

Kontingenten blir overført Noregs forskingsråd, som tek hand om den norske medlemskapen.

Post 70 Nasjonale oppgåver ved miljøinstitutta

Det er foreslått ei løyving på posten på 55,9 mill. kroner for 2024. Posten er samla sett auka med om lag 12,3 mill. kroner, mellom anna frå auka på 2 mill. kroner i samband med endringa av mottakarar av tilskot under nasjonale oppgåver for å sikre at særlege prioriterte oppgåver blir gjennomførte.

Mål

Ordninga dekkjer Norsk institutt for luftforsking (NILU), Norsk institutt for naturforsking (NINA), Norsk institutt for kulturminneforsking (NIKU), Norsk institutt for vassforsking (NIVA), Senter for klimaforsking (Cicero), Nansensenteret (NERSC – Nansen Environmental and Remote Sensing Center), Transportøkonomisk institutt (TØI) og NORCE (divisjon Klima og miljø). Det ligg òg inne driftsstøtte til Forskingssenter for miljø og samfunn (CIENS) som har ansvaret for å drifte Miljøprøvebanken. Formålet med ordninga er å syte for at desse har ressursar til å delta i nasjonale og internasjonale organ og gjere vurderingar der institutta har særskilt relevant kompetanse, informasjons- og databasetenester til nytte for forvaltninga og allmenta, inkludert vedlikehald av relevante databasar, og driftstilskot til ulike forskingsstasjonar.

Dei nasjonale oppgåvene vart evaluerte i 2022–2023 i tråd med Klima- og miljødepartementets kunnskapsstrategi 2021–2024. Som eit resultat av evalueringa er tre miljøinstitutt (NERSC, TØI og NORCE) tekne inn i ordninga frå og med 2024, og det statlege forvaltningsinstituttet Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) er teke ut. Frå 2024 er òg tidlegare post 72 Tilskot til NORCE – Senter for biotryggleik innlemma i ordninga. Nasjonalt kompetansesenter for biotryggleik skal drive forsking, informasjon og rådgjeving om helse- og miljøkonsekvensar ved bruk av genteknologi og genmodifisering for å sikre trygg bruk av genteknologi. Løyvinga skal støtte utviklinga av fagmiljøet ved tidlegare GenØk – Senter for biotryggleik som eit kompetansesenter på genteknologi i NORCE, med nytt namn Genteknologi, miljø og samfunn (GEMS).

Oppfølging og kontroll

Forvaltninga av ordninga er i hovudsak frå 2024 overført frå Klima- og miljødepartementet til Miljødirektoratet og Riksantikvaren. Institutta drøftar prioriteringar og planar for gjennomføring med etatane. Institutta skal rapportere og sende reviderte rekneskapsoversyn for løyvingane, og kontrollen skjer ved generell formalia- og sannsynskontroll.

Rapport 2022

I 2022 vart løyvinga mellom anna nytta til deltaking og fagleg støtte for miljøforvaltninga i nasjonale og internasjonale organ, databasetenester, til å halde oppe algesamling som nasjonal referansesamling, til nasjonal beredskap for konservering av kulturhistorisk viktige gjenstandar, til driftsstøtte for målestasjonane på Zeppelinfjellet og Trollhaugen i polarområda, til referanselaboratorium for målingar av luftforureining og atmosfærisk korrosjon og til vidareutvikling og drift av Miljøprøvebanken.

Post 72 Tilskot til NORCE – Senter for biotryggleik

Posten er frå 2024 innlemma i post 70 Nasjonale oppgåver ved miljøinstitutta.

Rapport 2022

I 2022 vart løyvinga nytta av NORCE ved GenØk – Senter for biotryggleik til forskingsprosjekt for å utvikle vidare kunnskapsgrunnlaget for vurdering av helse- og miljøkonsekvensar av genmodifiserte og genredigerte organismar. Dette er prosjekt innan mikro- og molekylærbiologi, immunepidemiologi og økologi, virologi, økotoksikologi og økosystem og dessutan samfunnsvitskaplege og etiske aspekt ved moderne bio- og nanoteknologi.

Kap. 1411 Artsdatabanken

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2022

Saldert budsjett 2023

Forslag 2024

01

Driftsutgifter

31 995

38 693

40 350

21

Spesielle driftsutgifter, kan overførast, kan nyttast under post 70

10 488

10 938

11 606

70

Tilskot til å styrkje kunnskap om og formidling av naturmangfaldet, kan overførast, kan nyttast under post 21

26 297

30 929

32 906

Sum kap. 1411

68 780

80 560

84 862

Artsdatabanken er ein nasjonal kunnskapsbank om naturmangfald i Noreg. Den viktigaste oppgåva til Artsdatabanken er å gjere oppdatert kunnskap om naturtypar, artar og populasjonar lett tilgjengeleg for samfunnet. Mellom anna lagar Artsdatabanken raudliste for artar og raudliste for naturtypar, dei gjer risikovurderingar for framande artar i Noreg, utviklar type- og beskrivingssystem for natur (Natur i Norge) og har viktige oppgåver i arbeidet med å drifte og vidareutvikle det økologiske grunnkartet.

Artsdatabanken er ein fagleg uavhengig og bruttobudsjettert etat med eige styre. Det faglege sjølvstendet og ansvar og oppgåver styret har, er nedfelte i mandatet til Artsdatabanken.

Post 01 Driftsutgifter

Midlane under posten er retta mot resultatområdet Naturmangfald.

Det er foreslått ei løyving på posten på 40,4 mill. kroner, ein auke på 1,6 mill. kroner.

Det er lagd inn 1,6 mill. kroner for å dekkje kostnadene ved lønnsoppgjeret i staten i 2022 og ei prisjustering på 0,4 mill. kroner. I samband med at Miljødirektoratet skal utføre arkivtenester for dei andre etatane i miljøforvaltninga, er det flytta 0,4 mill. kroner til kap. 1420, post 01.

Løyvinga dekkjer dei ordinære driftsutgiftene for Artsdatabanken. Resten av løyvinga går til å dekkje husleige, fornying av materiell, inventar og utstyr, mellom anna drift og utvikling av IT-anlegget, reiseutgifter, kurs- og konferanseverksemd og tiltak for kompetanseutvikling.

Rapport 2022

Om lag 67 pst. av løyvinga vart nytta til lønn.

Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast, kan nyttast under post 70

Midlane under posten er retta mot resultatområdet Naturmangfald. Det er foreslått ei løyving på 11,6 mill. kroner, ein auke på 0,7 mill. kroner som kjem av prisjustering.

Posten dekkjer utgifter til mellom anna Artsdatabankens kjøp av tenester til risikovurderingar av framande artar, Artsprosjektet, Artsobservasjonar, kommunikasjon og Artsorakelet. Til langsiktige kontraktar om tenestekjøp er det behov for ei bestillingsfullmakt på 12 mill. kroner, jf. forslag til vedtak V.

Rapport 2022

I 2022 vart løyvinga nytta til kjøp av tenester til arbeidet med ny framandartsliste, til vidareutvikling av Artsobservasjonar og til kommunikasjon. Midlar har òg vore nytta til arbeidet med DNA-strekkoding i NorBOL-nettverket, noko som har løfta kunnskapsgrunnlaget om norske artar vesentleg, og vidare til Forskarskulen i biosystematikk (ForBio), som har styrkt og vidareutvikla kompetansen og kapasiteten i dei taksonomiske fagmiljøa i Noreg.

Post 70 Tilskot til å styrkje kunnskap om og formidling av naturmangfaldet, kan overførast, kan nyttast under post 21

Midlane under posten er retta mot resultatområdet Naturmangfald. Posten dekkjer tilskot til kunnskapsoppbygging om artar og naturtypar i Noreg.

Det er foreslått ei løyving på posten på 32,9 mill. kroner, ein auke på 2 mill. kroner som kjem av prisjustering. Det er behov for ei tilsegnsfullmakt på 16,6 mill. kroner, jf. forslag til vedtak VI.

Mål

Tilskotsordninga skal styrkje kunnskapen om mangfaldet av artar i Noreg til beste for allmenta, forvaltning og forsking slik at vi i framtida er betre rusta til å forvalte naturmangfaldet.

Kriterium for måloppnåing

Det skal leggjast særleg vekt på kartlegging og dokumentasjon av dårleg kjende artar og artsgrupper i Artsprosjektet. Tilskotsordninga kan òg nyttast til å byggje kunnskap om naturvariasjon basert på Natur i Norge (NiN), styrkje kompetansebygging innanfor naturmangfald og styrkje formidling av artar og naturtypar i Noreg. Tilskot kan vidare nyttast til å fremje brukarstøtte og kvalitetssikring av artsfunn i Artsobservasjonar og til kartlegging.

Tildelingskriterium

Midlane til Artsprosjektet er særleg retta mot vitskaplege institusjonar. For andre formål kan institusjonar, stiftelsar, føretak og frivillige organisasjonar òg få tilskot.

Oppfølging og kontroll

Alle tilskotsmottakarar leverer rapportar som syner den kunnskapsproduksjonen som tilskotet har finansiert, og reviderte rekneskapar frå gjennomførte prosjekt. Det blir stilt krav om open datadeling og bruk av opne lisensar for datadeling og gjenbruk.

Rapport 2022

Størstedelen av midlane vart nytta som tilskot til kartlegging og dokumentasjon av dårleg kjende artar og artsgrupper i Artsprosjektet. Også i 2022 har Artsprosjektet komme med mykje ny kunnskap om dårleg kjende artar. Frå 2009 til 2022 er det funne over 4 420 nye artar for Noreg.

Artsobservasjonar er framleis ein stor suksess, mellom anna som plattform for folkeforsking. Databasen har no passert 25 mill. observasjonar og er den største enkeltdatabasen for artar i Noreg. Artsdatabanken har i 2020 lagt stor vekt på arbeidet med kvalitetssikring av artsfunna og nytta midlar frå posten til dette.

Kap. 4411 Artsdatabanken

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2022

Saldert budsjett 2023

Forslag 2024

02

Ymse inntekter

135

442

Sum kap. 4411

135

442

Post 02 Ymse inntekter

Det blir foreslått å leggje ned inntektsposten. Dette er fordi inntektene på posten frå Noregs forskingsråd var knytte til ein ph.d.-kandidat, der finansieringa frå Noregs forskingsråd tok slutt i 2021.

Kap. 1412 Meteorologiformål

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2022

Saldert budsjett 2023

Forslag 2024

50

Meteorologisk institutt

374 785

367 315

387 914

70

Internasjonale samarbeidsprosjekt

118 496

137 388

159 464

Sum kap. 1412

493 281

504 703

547 378

Post 50 Meteorologisk institutt

Meteorologisk institutt (MET) står for den offentlege meteorologiske tenesta for sivile og militære formål i Noreg. MET overvaker og varslar vêret, som er ein kritisk samfunnsfunksjon. Instituttet har ei viktig rolle i arbeidet med tryggleik og beredskap.

Meteorologisk institutt har forskings- og vêrvarslingsverksemd i Tromsø, Bergen og Oslo, vêrtenestekontor i Bardufoss, Ørland og Longyearbyen og bemanna stasjonar på Jan Mayen, Bjørnøya og Hopen. MET er aleine om å ha personell på Bjørnøya og Hopen og sikrar i så måte norsk nærvær og støtte til søk og redning. Observasjonsnettverket til Meteorologisk institutt dekkjer Noreg, havområda våre og Svalbard. Forskingsverksemda til MET har som formål å utvikle samfunnsnyttige tenester. Forskinga blir raskt operasjonalisert, og tilbakemeldingar frå både interne og eksterne brukarar skal drive forskinga framover. Det er utbreidd nasjonalt og internasjonalt samarbeid på forskings- og utviklingsområdet.

Meteorologisk institutt er blant dei fremste kunnskapsmiljøa i Noreg på klimaendringar. Instituttet har ei viktig rolle i å førebu Noreg på eit endra klima, mellom anna gjennom leiinga av Klimaservicesenteret (KSS).

Foreslått løyving på posten i 2024 er 387,9 mill. kroner.

I budsjettforslaget er løyvinga på 4 mill. kroner til arbeidet med Klimakverna vidareført. Det er flytta 2,4 mill. kroner til kap. 1420 Miljødirektoratet, post 01, i samband med at Miljødirektoratet skal utføre arkivtenester for Meteorologisk institutt, jf. omtale under kap. 1420 post 01. Det foreslås å rammeoverføre 0,3 mill. kroner til kap. 922 Romverksemd, post 71 Internasjonal romverksemd, under Nærings- og fiskeridepartementet i samband med Radarsat-avtalen, jf. omtale under kap. 922, post 71.

Posten er prisjustert med 23,3 mill. kroner.

Mål

Meteorologisk institutt overvaker og varslar vêret med høg kvalitet og regularitet og bereknar klimaet i notid og framtid for at styresmaktene, næringslivet, institusjonar og befolkninga kan sikre liv og verdiar og verne miljøet.

Meteorologisk institutt driv forsking og utvikling på alle fagområda sine, så instituttet kan yte tenester i verdsklasse.

Rapport 2022

Samla sett er kvaliteten på varsla for temperatur, vind og nedbør stadig betre. For temperatur, vind og nedbør er varselkvaliteten på same høge nivået som i 2019 og 2020. Varslingsmodellane til MET er svært gode, og tilgangen til observasjonar, reknekraft og god kompetanse gjer det mogleg å gje svært lokale vêr- og havvarsel av gjennomgåande høg kvalitet.

Utbygging av vêrradarnettet har vore ei viktig oppgåve for MET i fleire år. Vêrradarar overvaker nedbør og er viktige for å varsle ekstreme vêrhendingar og flaum. I 2022 sette MET i drift vêrradaren på Finnmarksvidda. Løyvinga til denne utbygginga vart gjeven i statsbudsjettet for 2021.

Arbeidet med nye klimaframskrivingar for Noreg basert på FNs klimapanel sin sjette hovudrapport har vore ei viktig oppgåve i 2022. Norsk klimaservicesenter (KSS) vil utarbeide oppdaterte klimaframskrivingar på regionalt nivå fram mot 2025. I statsbudsjettet for 2023 vart det løyvd midlar til den fireårige satsinga «Klimakverna» – ei nasjonal dataplattform som skal vareta og effektivisere verdikjeda frå globale og regionale klimaframskrivingar til kunnskap for lokal klimatilpassing.

Ny kartløysing har vore hovudprioritet i vidareutviklinga av Yr i 2022. Første versjonen av ny løysing med kartbasert animasjon av vind vart sett i drift i desember. Fornying av vêrportalen for offentlege brukarar (Halo) er eit stort prosjekt som starta opp i 2022, og som vil forbetre vêrtenestene for beredskaps-Noreg teknisk og visuelt.

Forskingsverksemda har hatt god innhenting av ekstern finansiering i 2022. Gjennom Copernicusprogrammet deltek MET i prosjekt innanfor atmosfæretenester, klimatenester og havtenester. MET har samarbeid med fleire statlege etatar, mellom anna innanfor vêrvarsling, klima, luftkvalitet og beredskap.

Post 70 Internasjonale samarbeidsprosjekt

Løyvinga på posten går i hovudsak til å innfri dei forpliktingane Noreg har til å betale kontingentutgifter i samband med norsk deltaking i internasjonale meteorologiorganisasjonar.

Regjeringa foreslår ei løyving på 159,5 mill. kroner, som er ein auke på 22,1 mill. kroner. I tillegg til endringar i valutakursane kjem auken av at langtidsbudsjettet for enkelte satellittprogram i EUMETSAT er endra og framskunda i tid. I tillegg er det nye program under planlegging i EUMETSAT, mellom anna Doppler Wind Lidar (DWL) og mikrosatellittar (AWS).

Mål

Målet med løyvinga er å medverke til å dra nytte av utvikling og betring av meteorologiske tenester gjennom internasjonalt samarbeid.

Kriterium for måloppnåing

Kriteriet for måloppnåing er at Noreg innfrir forpliktingane sine ved å delta i definerte internasjonale meteorologiske organisasjonar og samarbeidsprosjekt i samsvar med inngåtte avtalar. I tillegg skal deltakinga i organisasjonane og samarbeidsprosjekta medverke til utvikling og til å dra nytte av meteorologiske tenester.

Tildelingskriterium

Posten skal dekkje utgifter til kontingent i samband med medlemskap i desse internasjonale meteorologiorganisasjonane:

  • Den europeiske organisasjonen for utnytting av meteorologiske satellittar (EUMETSAT). Eventuelle overskot av kontingentinnbetalingar til EUMETSAT blir overførte til eit fond, Working Capital FUND (WCF). Fondet er heimla i EUMETSATs statuttar.

  • Det europeiske senteret for mellomlange vêrvarsel (ECMWF)

  • Europeiske samarbeidsprosjekt mellom dei meteorologiske institutta. (EUMETNET og ECOMET er dei største samarbeidsnettverka.)

  • Den meteorologiske verdsorganisasjonen (WMO)

  • European Global Ocean Observing System (EuroGOOS) og European Climate Research Alliance (ECRA)

  • HIRLAM (High Resolution Limited Area Model)

Noreg er medlem i EUMETSAT, ECMWF og WMO gjennom å ha slutta seg til internasjonale konvensjonar. Budsjettvedtak i dei styrande organa er dermed forpliktande for Noreg. Det prosentvise bidraget frå eit land til budsjettet er proporsjonalt med bruttonasjonalinntekta i landet. Når det gjeld dei andre internasjonale organisasjonane, er det Meteorologisk institutt som er medlem.

Storleiken på løyvinga på posten er òg avhengig av svingingar i valutakursane og aktivitetsnivået i dei ulike organisasjonane. Mesteparten av utgiftene er knytte til Den europeiske organisasjonen for utnytting av meteorologiske satellittar (EUMETSAT).

Oppfølging og kontroll

Meteorologisk institutt peiker ut norske delegatar til dei styrande organa i organisasjonane. For WMO utnemner utanriksministeren norske delegatar til styrande organ. Budsjettdokument, rekneskapar, revisorstadfesting, årsrapportar og andre rapportar blir lagde fram og vedtekne i samband med verksemda til organisasjonen/samarbeidsprosjektet. Dette inneber at Meteorologisk institutt utfører kontroll med at utført arbeid er i samsvar med formåla organisasjonen/samarbeidsprosjektet har vedteke.

Rapport 2022

Samla forbruk under kap. 1412, post 70, var på 118,5 mill. kroner i 2022 og dekte i 2022 medlemskontingenten i dei internasjonale organisasjonane som er lista opp under «Tildelingskriterium» over.

Samarbeid med andre land om vêr- og klimaovervaking gjev Meteorologisk institutt eit godt grunnlag for å bidra til å sikre liv og verdiar. Medlemskap i internasjonale organisasjonar gjev Noreg tilgang til vêr- og klimadata som er nødvendige for at den offentlege meteorologiske tenesta skal vêre av høg kvalitet.

Medlemskap i det europeiske senteret for mellomlange vêrvarsel (ECMWF) sikrar Noreg tilgang til vêrprognosar på mellomlang tidsskala (14 dagar), månads- og sesongvarsel. Desse globale prognosane er nødvendige for vêrprognosane til MET med kortare prognoselengd. ECMWF har òg ansvar for drift av tenestene Copernicus Atmosphere Monitoring Service (CAMS), Copernicus Climate Change Service (C3S). Saman med havtenesta Copernicus Marine Service (CMEMS) er desse tenestene for overvaking av klima og luftforureining nyttige for varslingstenestene til MET.

Ein stor del av løyvinga på posten går til kontingentutgifter til den europeiske organisasjonen for meteorologisatellittar, EUMETSAT. Satellittdata er avgjerande input for vêrvarsling og klimaovervaking – især i Noreg på grunn av at vi har ein lang kyst og interesser i å overvake store hav- og landareal der det er få andre observasjonar. Satellittane blir kjernen i observasjonssystemet for vêr og hav for Noreg og norske interesseområde i Norskehavet og Nordområda. Utan desse hadde kvaliteten på varsla vore langt dårlegare enn i dag.

Klimaendringar fører med seg risikoar på fleire område. Det er risiko knytt til auka aktivitet i Arktis når sjøisen trekkjer seg tilbake, og auka risiko i kystsona som følgje av høgare havnivå. Deltaking i EUMETSAT, ECMWF og Copernicus bidreg til overvaking av dette og er viktig for klimatilpassinga vår og risikohandteringa under framtidig global oppvarming.

Den meteorologiske verdsorganisasjonen (WMO) er eit FN-organ med 193 medlemsland/territorium. WMO har ei viktig rolle i å samordne informasjon og aktivitet mellom ulike land og regionar slik at alle land kan få gode vêrvarsel.

EUMETNET er eit samarbeid mellom meteorologiske institutt i Europa, og mesteparten av budsjettet går til aktivitetar der medlemslanda saman bidreg til å betre observasjonsgrunnlaget for vêr- og klimaovervaking.

ECOMET har 26 medlemsland, og dei overordna måla er å skape like vilkår for all meteorologisk kommersiell aktivitet i Europa. Frå 2023 går ECOMET inn som ein del av aktiviteten i EUMETNET.

MET er medlem i HIRLAM-samarbeidet, der mange europeiske land deltek. Formålet med HIRLAM er å utvikle og halde ved like felles vêrmodell.

MET er medlem i EuroGOOS (European Global Ocean Observing System) og ECRA (European Climate Research Alliance). Dette er to små organisasjonar som fremjar og koordinerer europeisk samarbeid, men utan eigne program. Det økonomiske bidraget frå MET er om lag 150 000 kroner samla for dei to organisasjonane.

Programkategori 12.20 Klima, naturmangfald og forureining

Hovudinnhald og prioriteringar

Utgiftene under programkategori 12.20 gjeld resultatområda Naturmangfald, Kulturmiljø, Friluftsliv, Forureining, Klima og Polarområda.

Programkategorien omfattar verksemda til Miljødirektoratet, Enova og noko av verksemda til Sjøfartsdirektoratet og Direktoratet for strålevern og atomtryggleik.

Klima er ei av hovudprioriteringane til regjeringa. Omfanget på og alvoret i klimaendringane tilseier at vi er nøydde til å tilpasse oss eit endra klima, parallelt med at utsleppa av klimagassar må reduserast kraftig. I juni 2023 la regjeringa fram ei ny stortingsmelding om klimatilpassing om korleis samfunnet og naturen skal bli meir robuste i møtet med klimaendringane. For å redusere utsleppa, auke CO2-opptaket og omstille Noreg til eit lågutsleppssamfunn i tråd med klimalova forsterkar regjeringa stadig verkemiddelbruken, sjå nærare omtale i det særskilte vedlegget Regjeringens klimastatus og -plan.

Miljødirektoratet har styrkt ressursane til arbeidet med Europas grøne giv. Europas grøne giv inneber omfattande politikk- og regelverksutvikling på fleire område som Miljødirektoratet har ansvaret for, mellom anna klima, kjemikaliar og sirkulær økonomi, og utgjer ei viktig ramme for Miljødirektoratets arbeid i tida framover.

Langsiktig og berekraftig forvaltning av naturressursane er grunnprinsippet i miljøpolitikken til regjeringa. Oppfølginga av Noregs tre nasjonale mål for naturmangfald skjer i hovudsak med utgangspunkt i Stortinget si behandling av Meld. St. 14 (2015–2016) Natur for livet – norsk handlingsplan for naturmangfold. Eit nytt globalt rammeverk for naturmangfald under konvensjonen om biologisk mangfald (naturavtalen), vart vedteke i 2022. Naturavtalen har som mål å stoppe og snu det globale tapet av natur og fastset ei rekkje globale mål for 2030 og 2050. Noreg er forplikta til å oppdatere sin nasjonale handlingsplan for naturmangfald slik at han stemmer overeins med det globale rammeverket. Regjeringa vil difor i 2024 fremje ei stortingsmelding om Noregs nasjonale oppfølging av dei nye globale måla for natur.

Andre prioriterte tiltak i 2024 er å etablere ein meny av tiltak som bidreg til å ta vare på eit mangfald av økosystem i god økologisk tilstand, i første omgang for skog, og utvikle og etablere ein naturrekneskap etter FNs standard for naturrekneskap.

Regjeringa vil føre vidare tilskotsordninga for kommunedelplan for naturmangfald. Regjeringa vil òg leggje til rette for at kommunane får god rettleiing om ivaretaking av naturmangfald.

Regjeringa vil arbeide vidare med prosessane for skogvern, marint vern, nye mindre verneområde for å ta vare på verdifull natur og med prosessane med vern av nye nasjonalparkar og landskapsvernområde. Arbeidet med å ta vare på trua natur og verdiane i verneområda vil halde fram.

Vi er inne i FN sitt tiår for naturrestaurering. Restaureringa av ulik natur, som myr og anna våtmark, vassdrag, skog, sanddyner og open grunnlendt kalkmark, vil halde fram.

Arbeidet med å styrkje vassforvaltninga og å nå målet om god tilstand i vassførekomstane i Noreg held fram i 2024. Regjeringa vil òg halde i gang arbeidet med å betre tilstanden i Oslofjorden og arbeidet med å byggje opp igjen økosystem i området Skagerrak–Oslofjorden. Oppfølginga av Helhetlig tiltaksplan for en ren og rik Oslofjord med et aktivt friluftsliv held fram i 2024.

Arbeidet med å følgje opp Oppfølgingsplan for trua natur og oppfølginga av tiltaksplanane Bekjempelse av fremmede skadelige organismer og Tiltaksplan for ville pollinerende insekter vil halde fram.

Andre viktige prioriteringar i 2024 er ivaretaking av vill laksefisk, som no er ein raudlista art. Det blir mellom anna gjort gjennom kalking av forsura vassdrag, planlegging av vidare tiltak mot den framande arten pukkellaks og rehabilitering av fisketrapper. I samband med godkjenninga av dei oppdaterte regionale vassforvaltningsplanane hausten 2022 vedtok regjeringa fleire tiltak som vil kunne bidra til å betre tilstanden for villaksbestandane.

Regjeringa vil òg i 2024 prioritere innsatsen for å ta vare på villrein. Ei stortingsmelding om betring av forholda for villrein vil bli lagd fram, og det vil bli fastsett tiltaksplanar etter kvalitetsnorma for sju av dei ti nasjonale villreinområda.

Regjeringa vil føre ein meir restriktiv rovviltpolitikk der tapet av beitedyr er lågast mogleg, og der vi ligg så nær bestandsmåla for alle rovviltartane som mogleg.

Regjeringa er oppteken av å ta vare på Noregs sterke tradisjonar for friluftsliv med utgangspunkt i allemannsretten. Å leggje til rette for friluftsliv i nærmiljøet og eit aktivt friluftsliv for alle grupper i befolkninga er prioritert. Regjeringa vil halde fram med å ta vare på, restaurere og leggje til rette areal og ferdselsårer for friluftsliv, særleg i byar og tettstader.

På grunn av stadig auka press på naturbaserte reisemål og mange friluftslivsområde vil regjeringa auke kunnskapen om besøksforvaltning i kommunane. Det vil bli eit nytt Friluftslivets år i 2025, og regjeringa vil i 2024 bidra til førebuingane av dette.

For å motverke og redusere forureining blir det grunnleggjande og langsiktige arbeidet med forvaltning av nasjonalt regelverk, internasjonale avtalar og løyvingar til tiltak vidareført. Noreg har ei viktig rolle i det internasjonale samarbeidet for å redusere spreiing av miljøgifter. Ein stor del av kjemikalieregelverket, som også gjeld i Noreg, blir no revidert under Europas grøne giv. Arbeidet mot plastforureining nasjonalt og internasjonalt skal framleis ha høg prioritet. Internasjonalt vil Noreg halde fram med leiarrolla si mellom anna som leiar av høgambisjonskoalisjonen for å stanse plastforureining og delta aktivt i forhandlingane for å få på plass ein rettsleg bindande internasjonal avtale med tiltak i heile livsløpet til plasten. Arbeidet mot plastforureining vil vere viktig og ressurskrevjande dei neste åra. Dette gjeld også eit omfattande EU/EØS-regelverk på området som skal gjennomførast i norsk rett.

Regjeringa ønskjer å leggje til rette for ein sirkulær økonomi som vil medverke til betre utnytting av plast som ressurs, samstundes som det vil vere med på å redusere plastforureininga.

Regjeringa arbeider også for sirkulær økonomi på andre område, slik at produkt blir utforma for å vare lenger, kan brukast om att, reparerast og materialattvinnast i giftfrie krinsløp. Meir effektiv bruk av ressursar reduserer klimagassutslepp, bremsar tapet av naturmangfald og reduserer forureiningsbelastninga. Også her er det fleire viktige og omfattande EU/EØS-regelverk for meir berekraftige produkt som har komme og vil komme dei nærmaste åra. Batteriforordninga vart vedteken i juli 2023. Eit anna sentralt regelverk er forslaget til eit nytt rammeverk for berekraftig design av produkt (ny økodesignforordning) som vart lagt fram av Kommisjonen den 30. mars 2022. Det er mykje som tyder på at regelverket vil bli ferdig forhandla i løpet av 2023. Regjeringa jobbar med å førebu gjennomføring av regelverka.

Resultatområde

Tabell 7.2 Resultatområde under programkategori 12.20.

Resultatområde

Nasjonale klima- og miljømål

Naturmangfald

  • Økosystema skal ha god tilstand og levere økosystemtenester.

  • Ingen artar og naturtypar skal utryddast, og utviklinga til trua og nær trua artar og naturtypar skal betrast.

  • Eit representativt utval av norsk natur skal takast vare på for kommande generasjonar.

Friluftsliv

  • Posisjonen friluftslivet har, skal takast vare på og utviklast vidare gjennom ivaretaking av allemannsretten, bevaring og tilrettelegging av viktige friluftslivsområde og stimulering til auka friluftslivsaktivitet for alle.

  • Naturen skal i større grad brukast som læringsarena og aktivitetsområde for barn og unge.

Forureining

  • Forureining skal ikkje skade helse og miljø.

  • Bruk og utslepp av kjemikaliar på prioritetslista skal stansast.

  • Eksponering av menneske og miljø for radioaktiv forureining skal haldast så låg som mogleg.

  • Veksten i mengda avfall skal vere vesentleg lågare enn den økonomiske veksten.

  • Materialattvinning av avfall skal auke.

  • Å sikre trygg luft. Basert på kunnskapsstatusen i dag blir desse nivåa sett på som trygg luft:

    • Årsmiddel PM10: 20 µg/m3

    • Årsmiddel PM2,5: 8 µg/m3

    • Årsmiddel NO2: 30 µg/m3

  • Støyplager skal reduserast med 10 pst. innan 2020 samanlikna med 1999. Talet på personar som er utsette for over 38 dB innandørs støynivå, skal reduserast med 30 pst. innan 2020 samanlikna med 2005.1

Klima

  • Noreg har under Parisavtalen teke på seg ei forplikting til å redusere utsleppa av klimagassar med minst 55 pst. innan 2030 samanlikna med 1990.

  • Noreg skal vere klimanøytralt frå og med 2030.

  • Noreg har lovfesta eit mål om å bli eit lågutsleppssamfunn i 2050.

  • Som eit delmål på vegen mot netto-null-utslepp og lågutsleppssamfunnet har regjeringa sett eit omstillingsmål for heile økonomien i 2030. Dette er formulert som eit mål om å kutte norske utslepp med 55 pst. samanlikna med 1990.

  • Medverke til at redusert og reversert tap av tropisk skog gjev eit meir stabilt klima, meir bevart naturmangfald og ei meir berekraftig utvikling

  • Det er eit politisk mål at samfunnet skal førebuast på og tilpassast til klimaendringane.

1 Det blir arbeidd med oppdatert kunnskapsgrunnlag for å revidere støymålet.

Politikk for å nå dei nasjonale måla for naturmangfald

Kunnskap om natur

Den økologiske tilstanden i fjell, skog, arktisk tundra og hav er vurdert etter fagsystemet for økologisk tilstand. I 2023 vart datagrunnlaga vidareutvikla for å kunne vurdere den økologiske tilstanden for andre økosystem på land, dette arbeidet held fram i 2024. Fagsystemet er basert på naturvitskaplege metodar for å fastsetje ei samla kunnskapsbasert vurdering av tilstanden i norske hovudøkosystem og gjev eit viktig kunnskapsgrunnlag til bruk for økosystembasert forvaltning av natur. Forskingsrådet har fått i oppdrag å evaluere det vitskaplege grunnlaget for fagsystemet og skal levere ei evaluering i 2024.

Artsdatabankens kartportal Økologiske grunnkart er open for brukarar, og innhaldet blir jamleg oppdatert. Det økologiske grunnkartet er eit felles verktøy på tvers av sektorane som gjev kunnskap om mellom anna kvar ulike typar natur finst, og annan relevant informasjon knytt til førekomst av natur. Dette gjev grunnlag for betre avgjerdsprosessar som gjev meir heilskapleg arealforvaltning. For 2024 vil vi få på plass ein første versjon av eit heildekkjande nasjonalt kart over hovudøkosystema i Noreg.

Artsdatabanken legg fram dei tre listene Norsk raudliste for artar, Norsk raudliste for naturtypar og Framandartslista kvart sjette år.

Vitskapskomiteen for mat og miljø utfører risikovurderingar på oppdrag frå Miljødirektoratet i hovudsak innan framande organismar, genmodifiserte organismar og handel med trua artar (CITES). I 2023 er ein ny hovudkomité og nye faggrupper på plass.

Klima- og miljødepartementet har sett i gang arbeidet med å utvikle ein naturrekneskap for Noreg med utgangspunkt i FNs standard for naturrekneskap. Naturrekneskapen vil vise kor mykje natur vi har (areal), tilstanden til naturen og kva for økosystemtenester han leverer, i tillegg til korleis desse endrar seg over tid. Med naturrekneskapen kan vi følgje utviklinga i korleis naturen blir påverka av menneskeleg aktivitet, og kva nedbygging kostar samfunnet i tap av natur og økosystemtenester. I 2023 har Miljødirektoratet sett saman eksisterande og lett tilgjengeleg kunnskap om naturareal og tilstand til ein førstegenerasjons naturrekneskap.

Regjeringa sette i 2022 ned eit utval som skal greie ut naturrisiko. Utvalet skal vurdere kva for risiko tap eller øydelegging av natur og endring i rammevilkår har for ulike næringar og sektorar, og korleis dei kan analysere og handtere dette på best mogleg måte. Utvalet skal også vurdere korleis ein på nasjonalt nivå kan analysere og framstille naturrisiko. Utvalet leverer NOU-en sin i løpet av 2023.

Heilskapleg forvaltning av økosystema på land

Føringane i naturmangfaldmeldinga knytte til det å setje mål for tilstanden i økosystema på land og å rette tiltak og verkemiddelbruk inn mot å nå måla vil bli følgde opp. Regjeringa har sett i gang arbeidet med å etablere ein meny av ulike tiltak som bidreg til å ta vare på eit mangfald av økosystem på land i god økologisk tilstand, og har starta med økosystem skog. Arbeidet er viktig for å oppfylle grunnprinsippet i miljøpolitikken til regjeringa – ei langsiktig og berekraftig forvaltning av naturressursane.

Heilskapleg vassforvaltning

Arbeidet med å styrkje vassforvaltninga held fram i 2024. Vassforskrifta, som gjennomfører EU sitt vassdirektiv i norsk rett, gjev oss eit godt system for å forvalte vassførekomstane til Noreg på eit heilskapleg vis. Dei regionale vassforvaltningsplanane med tilhøyrande tiltaksprogram er eit viktig verktøy for å nå måla om godt vassmiljø i ferskvatn, kystvatn og grunnvatn i Noreg. Det er framleis store utfordringar med å tette gapet mellom tilstanden i dag og miljømåla i vassdirektivet, og det vil framleis bli gjennomført ei rekkje tiltak for å nå måla.

Dei regionale vassforvaltningsplanane for 2022–2027 er oppdaterte og vart godkjende av regjeringa i 2022. I dei oppdaterte planane er innsatsen for å nå miljømåla styrkt. Alle ansvarlege sektorstyresmakter må gjennomføre tiltak for å nå måla i planane. Overvakinga av vassførekomstane i Noreg vil halde fram i 2024. Dette er ein føresetnad for eit godt kunnskapsgrunnlag, som legg grunnlaget for mellom anna tiltak og politiske avgjerder.

Heilskapleg forvaltning av havområda

Noverande og framtidig havbasert verdiskaping er avhengig av god miljøtilstand og eit rikt naturmangfald i Noregs kyst- og havområde. Gjennom forvaltningsplanane for havområda er det fastsett heilskaplege rammer og tiltak for berekraftig bruk og bevaring av økosystema. Formålet med forvaltningsplanane er å leggje til rette for verdiskaping gjennom berekraftig bruk av ressursane og økosystemtenestene i havområda og samstundes halde oppe strukturen, verkemåten, produktiviteten og naturmangfaldet til økosystema. Regjeringa vil oppdatere forvaltningsplanane for Barentshavet–Lofoten, Norskehavet og Nordsjøen–Skagerrak i ei ny melding til Stortinget våren 2024.

Eit oppdatert fagleg grunnlag for meldinga om forvaltningsplanane vart overlevert til Klima- og miljødepartementet våren 2023. Faggrunnlaget inneheld ny og oppdatert kunnskap om miljøtilstanden i havområda, aktiviteten, verdiskapinga til og påverknaden frå havnæringane på økosystema og måloppnåing. Arbeidet med det faglege grunnlaget for forvaltningsplanane er organisert gjennom dei rådgjevande gruppene Overvakingsgruppa og Fagleg forum for dei norske havområda, leidde av høvesvis Havforskingsinstituttet og Miljødirektoratet.

Forskinga og konklusjonane frå Havpanelet så vel som rapportane frå Naturpanelet og FNs klimapanel vil også vere viktige i arbeidet med meldinga.

Miljøtilstanden i dei produktive og ressursrike norske havområda er i mange samanhengar god, men blir i aukande grad påverka av klimaendringar. Denne påverknaden er tydeleg når vi ser på tilstanden i økosystema i Nordsjøen og i Barentshavet. Den vidare utviklinga av havforvaltninga i Noreg må byggje på ei forståing av korleis klimaendringar og andre storskala endringar påverkar og vil forandre Noregs havområde og måten vi bruker dei på.

Regjeringa vil styrkje kunnskapsgrunnlaget om marine økosystem og korleis dei blir endra som følgje av auka menneskeleg aktivitet, klimaendringar og forureining. Regjeringa vil også styrkje kunnskapsgrunnlaget om kva rolle havøkosystema har for den globale klimautviklinga. Mareano-programmet kartlegg havbotnen og har gjeve atskilleg med ny kunnskap om marin natur. Kartleggings- og overvakingsprogrammet for sjøfugl, SEAPOP med arealmodulen SEATRACK, har gjeve mykje ny kunnskap som er viktig for forvaltninga av sjøfugl. Begge programma vil bli førte vidare i 2024.

Bevaring av viktige område for marin natur er ein viktig del av ei heilskapleg, økosystembasert forvaltning av dei norske havområda. Regjeringa prioriterer dette arbeidet, mellom anna gjennom å utarbeide ei ny lov som gjer det mogleg å opprette marine verneområde i alle dei norske havområda utanfor territorialfarvatnet. Det er også sett i gang utgreiingar og tiltak for å vidareutvikle arbeidet med bevaring. Bevaringstiltak i havområda skal vere basert på best mogleg kunnskap. Det er som del av dette behov for vidare forsking knytt til forvaltningstiltak for å styrkje naturlege bestandar og auke potensialet for hausting. Døme på slike forvaltningstiltak er marine verneområde og bevaringsområde for hummar og kysttorsk. Det er i gang arbeid med pilotprosjekt for naturmangfald og auka biologisk produksjon for å byggje opp igjen økosystema i området Skagerrak–Oslofjorden.

Heilskapleg plan for Oslofjorden

Tilstanden for livet i Oslofjorden er svært alvorleg. Store delar av Oslofjorden har ikkje god økologisk og kjemisk miljøtilstand. Avrenning frå jordbruk og utslepp frå avløp er blant dei største påverknadene. Regjeringa vil at Oslofjorden skal vere rein, rik og tilgjengeleg for alle. Med bakgrunn i oppmodingsvedtak (575 (2017–2018)) frå Stortinget la den førre regjeringa i mars 2021 fram ein heilskapleg plan for Oslofjorden, Helhetlig tiltaksplanfor en ren og rik Oslofjord med et aktivt friluftsliv. Planen tek tak i dei største utfordringane for Oslofjorden og presenterer tiltak og punkt for kunnskapsinnhenting, i første omgang fram mot 2026. Regjeringa vil raskt følgje opp tiltaksplanen og rettar i tillegg særleg merksemd mot dei største utfordringane, avløp og jordbruk.

Regjeringa held fram med å styrkje arbeidet med å redusere utslepp frå avløp til Oslofjorden. Det er nødvendig å sørgje for at kommunane får strengare reinsekrav i utsleppsløyve etter forureiningslova og -forskrifta. Regjeringa har difor styrkt kapasiteten til Miljødirektoratet og statsforvaltarane med å revidere utsleppsløyva, i tillegg til å sørgje for god oppfølging og rettleiing av kommunane. Vidare har Klima- og miljødepartementet fastsett forskrift om tilskotsordning for kommunane til planlegging og prosjektering av nitrogenfjerning ved avløpsanlegga deira. Miljødirektoratet har fått i oppdrag å etablere tilskotsordninga med sikte på at ho skal vere på plass for søknader i løpet av hausten 2023 og med utbetalingar frå 2024. Miljødirektoratet har også fått i oppdrag å sjå på verkemiddel og insentiv for å få fleire kommunar til å samarbeide. Interkommunalt samarbeid kan bidra til billigare løysingar for kommunane og dermed bidra til å halde gebyra låge.

For å redusere avrenning frå jordbruket er det òg iverksett fleire tiltak, mellom anna regionale miljøkrav for jordbruket i Oslo og Viken. Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark og i Innlandet vurderer no også slike regionale miljøkrav. Det har òg vore ein betydeleg auke i tilskotsmidlar for frivillige vassmiljøtiltak rundt Oslofjorden over jordbruksavtalen. Regjeringa prioriterer vidare revisjon av gjødselregelverket høgt, som har mykje å seie for Oslofjorden. Regjeringa vurderer i tillegg sterkare tiltak på fiskerisida, både for yrkes- og fritidsfiskarar, for å bevare kysttorsken og eit velfungerande økosystem.

Klima- og miljødepartementet vurderer også forbod mot utslepp av septik for fritidsbåtar.

Ansvaret for å gjennomføre tiltaka i Oslofjordplanen ligg hos miljøstyresmaktene og hos dei enkelte sektorstyresmaktene. Felles innsats på tvers av sektorar ligg til grunn for tiltaksplanen. I tillegg til fleire departement er kommunane, statsforvaltaren og dei underliggjande etatane til departementa sentrale aktørar for å gjennomføre tiltaka. Måla i planen er å oppnå god miljøtilstand, at viktige naturverdiar skal restaurerast, at eit aktivt friluftsliv skal fremjast, og at naturmangfaldet i fjorden skal varetakast. For å nå måla presenterer planen 63 tiltak mot ei rekkje av påverknadene og 19 punkt for kunnskapsinnhenting.

Oslofjordrådet vart etablert i august 2021 for å sikre framdrift i arbeidet med gjennomføring av tiltak. Rådet er leidd av klima- og miljøministeren og består mellom anna av ordførarar, fylkesordførarar og dei departementa som det gjeld. I tillegg deltek mellom anna statsforvaltarane det gjeld, Oslofjordens friluftsråd, Norges Bondelag og Norges Fiskarlag. Sekretariatet for Oslofjordrådet la i 2022 fram den årlege rapporten som syner gjennomføring av tiltaka i tiltaksplanen. Regjeringa vil i 2024 prioritere å følgje opp den heilskaplege tiltaksplanen og styrkje innsatsen med utgangspunkt i dei årlege rapportane.

Tiltak mot framande artar

Spreiinga av framande artar er ifølgje FNs naturpanel ein av dei aller største truslane mot naturmangfaldet. Tiltaksplan 2020–2025 om bekjempelse av fremmede skadelige organismer har ei overordna føring om at tidleg innsats er avgjerande for å hindre at framande artar etablerer seg i Noreg og spreier seg. I 2024 blir fleire av tiltaka i planen følgde opp under denne føringa.

Artsdatabanken har publisert ny framandartsliste med risikovurderingar av framande artar i 2023. Dette er den fjerde lista over framande artar sidan 2007. I den nye lista er nær 2 400 framande artar blitt vurderte ut frå kva økologisk risiko dei utgjer for naturen. I tillegg er langt fleire dørstokkartar vurderte samanlikna med tidlegare lister. Det har òg komme ein ny rapport om framande artar frå FNs naturpanel som mellom anna slår fast at konsekvensane av framande artar aukar raskt og er forventa å halde fram med å auke i framtida, men at konsekvensane kan reduserast gjennom effektiv forvaltning.

Klima- og miljødepartementet vil følgje opp den nye kunnskapen og arbeider mellom anna med ei revidert forbodsliste til forskrift om framande organismar, der den nye Framandartslista frå Artsdatabanken blir eit sentralt kunnskapsgrunnlag.

Bruk av utanlandske treslag til skogbruksformål er regulert i ei eiga forskrift. Klima- og miljødepartementet har fått ei samla tilråding frå Miljødirektoratet og Landbruksdirektoratet om endringar i forskrifta. Ei hensikt med forskriftsendringa er mellom anna å tydeleggjere og utvide ansvaret skogeigaren har for å redusere spreiing av sitkagran og andre utanlandske treslag i norsk natur.

Regulering av genmodifiserte organismar (GMO)

Genteknologiutvalet vart sett ned hausten 2020 og leverte NOU-en sin (førebels utgåve) 6. juni 2023. Utvalet har gjort ein brei fagleg gjennomgang av spørsmål knytte til framstilling og bruk av genmodifiserte organismar (GMO) og oppdatert kunnskapsgrunnlaget om genteknologi. Utvalet har òg vurdert tilrådingane frå Bioteknologirådet om ei oppmjuking av genteknologilova og foreslått endringar i norsk lov og praksis. Utvalet gav nokre felles tilrådingar, men stort sett er tilrådingane delte i eit fleirtal og eit mindretal. Regjeringa vil sende NOU-en på høyring hausten 2023. Regjeringa vil deretter vurdere og følgje opp tilrådingane frå utvalet og høyringsinnspela på eigna måte.

Tiltak for å ta vare på trua artar og naturtypar

Det er mange verkemiddel i bruk for å ta vare på og betre utviklinga for trua natur, mellom anna områdevern, utvald naturtype og prioritert art. Departementa har slutta seg til ein oppfølgingsplan for arbeidet med trua natur utarbeidd av ei direktoratsgruppe. Oppfølgingsplanen er utarbeidd med bruk av kriterium gjevne i naturmangfaldmeldinga. For 2024 er oppfølgingsplanen oppdatert til å inkludere 4 nye naturtypar, slik at planen samla gjeld for 23 artar og 16 naturtypar. Planen beskriv korleis forvaltninga vil bruke verkemiddel som prioritert art, utvalde naturtypar, områdevern og ulike verkemiddel i sektorane. Forslag om korallrev og typisk høgmyr som utvalde naturtypar, i tråd med planen, var på høyring i 2022. I 2024 vil regjeringa halde fram med å følgje opp planen.

Rovviltforvaltning

Regjeringa fører ein meir restriktiv rovviltpolitikk med lågast mogleg tap av beitedyr og der bestandsmåla for alle rovviltartane blir nådde. Regjeringa byggjer rovdyrpolitikken på rovviltforlika, den todelte målsetjinga, naturmangfaldlova og Bern-konvensjonen. Regjeringa vil også greie ut ein reduksjon av bestandsmåla for ulv og bjørn, med mål om å redusere belastninga for beitenæring og lokalsamfunn.

Pollinerande insekt

Regjeringa vil ta vare på bier og andre pollinerande insekt i Noreg og vil halde fram med arbeidet med å følgje opp Tiltaksplan for ville pollinerende insekter. Oppfølgingsarbeidet gjennom 2024 vil vere knytt til å betre kartlegginga av viktige leveområde, føre vidare overvakinga av artsgruppa som ein del av nasjonal insektovervaking, bidra til auka restaurering og skjøtsel for å vareta god tilstand i leveområde og kunnskapsinnhenting om korleis nasjonale styringsverktøy best kan nyttast til å redusere tapet av leveområde for pollinatorar. Tap og øydelegging av leveområde blir sett på som den største trusselen mot pollinerande insekt, og tiltak som reduserer denne trusselen, har høgast prioritet.

Villrein

Regjeringa vil følgje opp kvalitetsnorma for villrein. Klima- og miljødepartementet vil i samråd med andre aktuelle departement framover vurdere tiltaksplanar for korleis kvaliteten kan bli nådd for dei nasjonale villreinområda som i 2022 vart klassifiserte til middels og dårleg tilstand. Arbeidet med slike tiltaksplanar vil også bli integrert med arbeidet med ei stortingsmelding som blir lagd fram i 1. kvartal 2024. Klassifisering av dei attverande 14 villreinområda blir lagd fram ved årsskiftet 2023–2024.

Skrantesjuke (CWD) vart påvist på villrein i Nordfjella villreinområde sone 1 i 2016. Villreinbestanden i det området vart teken ut som eit ledd i kampen mot sjukdommen. Regjeringa vil prioritere arbeidet for å leggje til rette for reetablering av villrein i Nordfjella sone 1.

I 2020 vart skrantesjuke (CWD) oppdaga hos villreinstammen på Hardangervidda. Etter råd frå Mattilsynet og Miljødirektoratet set regjeringa i verk nødvendige tiltak for å avgrense og utrydde denne svært alvorlege sjukdommen. Det er viktig å få god kunnskap om sjukdommen, og regjeringa vil halde fram med å overvake og forske vidare på sjukdommen.

Sjøfugl

Fleire av sjøfuglartane har vore i kontinuerleg tilbakegang sidan overvakinga av dei starta. Sommaren 2023 har fugleinfluensa forårsaka ein massedaud av krykkjer i Nord-Noreg. Miljøstyresmaktene overvaker denne situasjonen nøye og set fortløpande i verk aktuelle tiltak, i samråd med Mattilsynet. Regjeringa er enno i gang med å vurdere oppfølginga av oppmodingsvedtak 674 av 2016, jf. Meld. St. 14 (2015–2016) Natur for livet.

Forvaltning av vill laksefisk

Regjeringa vil halde fram med å vareta villaksen, som no er ein raudlista art. I samband med godkjenninga av oppdaterte vassforvaltningsplanar i 2022 vedtok regjeringa fleire tiltak som vil vere med på å betre tilstanden for vill laksefisk. Regjeringa har mellom anna auka ambisjonsnivået for miljøforbetringar i regulerte vassdrag og vedteke fleire tiltak som på sikt vil kunne bidra til å redusere dei negative påverknadene frå oppdrett.

Regjeringa vil halde fram med å kalke vassdrag som er ramma av forsuring. Vidare vil òg rehabilitering av fisketrapper bli prioritert.

I 2023 er det gjennomført andre gongs behandling mot lakseparasitten Gyrodactylus salaris i Driva-regionen. Dette skulle etter planen vere siste års behandling, men det blir no gjort undersøkingar av om det er behov for tiltak i 2024 òg. Behovet, og i så fall omfanget av eventuelle tiltak, er førebels uvisst.

Departementet vil halde fram med arbeidet med ei forskrift om særleg beskyttelse av laksen i nasjonale laksevassdrag og nasjonale laksefjordar. Føringar i St.prp. nr. 32 (2006–2007) Om vern av villaksen og ferdigstilling av nasjonale laksevassdrag og laksefjorder vil med dette bli forskriftsfesta.

Nedkjemping av pukkellaks

Frå 2017 har det vore ein urovekkjande trend med eksponentiell vekst i talet på pukkellaks i norske elvar i oddetalsår. Utfordringa er særleg stor i Aust-Finnmark, og stoda er mange stader kritisk. I 2023 var pukkellaks den dominerande laksefisken i Troms og Finnmark. Dersom han etablerer seg i store mengder i norske elvar, vil pukkellaksen også kunne spreie seg til andre land rundt Nord-Atlanteren. Målet for arbeidet med pukkellaks er å avgrense gytinga av pukkellaks i Noreg mest mogleg.

Pukkellaksen utgjer ein stor risiko for skade på heimehøyrande laksebestandar og det naturlege biologiske mangfaldet i norske vassdrag. I 2021 og 2022 vart det sikra midlar til innkjøp av fiskefeller i prioriterte vassdrag i Troms- og Finnmark. Planlegging og koordinering av pukkellaksuttak i elv har vore gjennomført av Miljødirektoratet si eiga kompetansegruppe for arbeid mot pukkellaks. I tillegg har ei eiga gruppe jobba med løysingar for avsperringar i større elvar. I 2023 vart innsatsen mot pukkellaks auka atskilleg. Det vart sett ut feller eller sperrer i rundt 60 elvar i Finnmark. Fangstane av pukkellaks i elvane i 2023 har langt overgått tala frå 2021, og det ligg an til ei dobling. Strategien med uttak i elv har i all hovudsak fungert godt. Det same har omsetninga og avhendiga der lite av pukkellaksen har gått til spille.

Skogvern

Skogvern er eit viktig verkemiddel for å nå nasjonale mål for naturmangfald, særleg fordi mange trua artar og naturtypar finst i skog, og fordi skogvernet hittil ikkje dekkjer eit representativt utval av norsk skognatur. Eit treffsikkert skogvern er viktig for å sikre effektiv bruk av midlane som blir brukte til skogvern. Det er difor sett i verk tiltak mellom anna for å sikre at kartlegging og verneprosessar best mogleg fangar opp dei viktigaste skogareala for trua artar og naturtypar, og metodar for å kartleggje desse vil vidareutviklast. Skogvernet blir med dette enda sterkare retta inn mot skog som har viktige verneverdiar, og skog som dekkjer viktige manglar i skogvernet. Vidare vil ein nytte handlingsrommet slik at staten ikkje tilbyr for høg erstatning til dømes for skog med låg lønnsemd med tanke på skogbruk. Regjeringa legg vekt på at vern av privateigd skog skal vere frivillig vern. På grunn av redusert løyving vil aktiviteten i 2024 reduserast.

Bevaring av verdifull natur

Regjeringa meiner vern av naturtypar og dyre- eller planteartar er nødvendig i einskilde tilfelle. Vern er eit middel for å bevare natur, ikkje eit mål i seg sjølv. Vern av sjeldne artar og naturtypar må vere kunnskapsbasert og skje etter naturvitskaplege kriterium. Tap av sårbar natur skal bli førebygd og reparert, og vern av representativ norsk natur skal sikrast.

Dette skal òg skje etter naturvitskaplege kriterium. Dei naturvitskaplege utgreiingane har vist at i områda som er verna i dag, er særleg natur i lågtliggjande område i Sør-Noreg under 300 moh. ikkje godt nok representerte. Natur som er trua av utrydding, er heller ikkje i tilstrekkeleg grad bevart i verneområda. For å nå dei nasjonale måla for naturmangfald og FNs berekraftsmål nr. 15 Liv på land er det difor nødvendig følgje opp Meld. St. 14 (2015–2016) Natur for livet og fylle manglane i nettverket av verneområde med supplerande vern. Noreg er også forplikta til å følgje opp den nye naturavtalen som har eit globalt mål om vern og andre effektive arealbaserte bevaringstiltak for minst 30 pst. av areala på land og i elvar og innsjøar og av areala langs kysten og i havet gjennom økologisk representative, godt samanhengande og rettferdig forvalta system. Korleis avtalen skal følgjast opp i Noreg, vil bli presentert for Stortinget i ei eiga melding i 2024.

Prosessen med å vurdere nye område for supplerande vern starta i 2020. Kommunane blir involverte i å velje ut kandidatområde før det blir starta formelle verneplanprosessar i regi av statsforvaltarane. Arbeidet skjer i alle fylka og vil halde fram i 2024. Det er venta vernevedtak for dei første områda i denne kategorien vern i 2024. Desse nye verneområda skal ikkje omfatte skog eller marine område, der vern vil skje gjennom eigne prosessar.

I område der vern er aktuelt, skal verneplanprosessane vere gode og inkluderande. Alle det gjeld, kan uttale seg i opne høyringar. Statsforvaltarane har dialog med kommunane, grunneigarorganisasjonar, naturvern- og friluftslivsorganisasjonar mfl. Det blir gjort grundige avvegingar mellom verneinteresser og andre samfunnsinteresser før eit eventuelt vedtak om vern blir gjort. Sametinget og andre relevante samiske interesser blir konsulterte der det er aktuelt. Lokal forankring er viktig for eit godt resultat i vernearbeidet.

I 2024 vil regjeringa gjennom Miljødirektoratet og statsforvaltaren òg gjennomføre vidare prosessar med sikte på vern i område som eignar seg for å bli nasjonalpark eller landskapsvernområde, som har tilstrekkelege verneverdiar, og der det er mogleg å få lokal aksept for vern. Arbeidet starta i 2022 i fylka Innlandet, Møre og Romsdal og Vestland, og i 2023 fekk alle fylka det same oppdraget. Dei aktuelle områda omfattar heilt nye verneområde, og kommunane har gjeve aksept for prosess i Masfjordfjella. I tillegg er det aktuelt at fleire område kan gjerast om frå landskapsvernområde til nasjonalpark og med ei rekkje større og mindre utvidingar av noverande verneområde, som utvidingar rundt Jotunheimen. Bevaring av fleire av desse store, samanhengande naturområda som vi har att i Noreg, er viktig av mange grunnar. Det sikrar samanhengande landskap, gjer at nokre artar kan tole klimaendringane betre, og bevarer økologiske nettverk av naturområde. Det er ikkje venta vernevedtak for dei første områda i denne kategorien vern i 2024.

Marine verneområde

Oppfølging av tiltaka i Meld. St. 29 (2020–2021) Heilskapleg nasjonal plan for bevaring av viktige område for marin natur står sentralt i arbeidet med å ta vare på viktig natur i havet gjennom etablering av marine verneområde og andre effektive arealbaserte bevaringstiltak.

Marint vern skal medverke til at eit utval av representative, særeigne, sårbare eller trua marine naturtypar og naturverdiar blir tekne vare på for framtida. I arbeidet med marin verneplan går det for seg verneprosessar for 12 av dei 36 områda som vart foreslått som marine verneområde i 2004, medan 18 område er verna. To av dei 36 områda ligg utanfor 12 nautiske mil. I 2024 vil det bli arbeidd vidare med å etablere nye marine verneområde. Ein tek sikte på å ha starta opp verneprosessar for dei resterande områda innan 2024. Marin verneplan frå 2004 vil òg bli supplert med nye område. Regjeringa arbeider med å utarbeide ei ny lov med heimel til å opprette marine verneområde i alle norske havområde utanfor territorialfarvatnet. Den nye lova skal byggje på reglane i naturmangfaldlova om områdevern og fungere godt saman med eksisterande næringslovgjeving. Ei slik lov vil styrkje systemet vårt for bevaring av marin natur og gjere oss betre i stand til å ta vare på havområda våre i framtida.

Regjeringa vil òg arbeide vidare med å hente meir erfaring med bevaring og restaurering av økosystem og kartleggje område som er viktige for karbonlagring.

Sikring av verdiane i verneområda

Regjeringa vil halde fram med arbeidet for å betre forvaltninga av dei eksisterande verneområda.

Langsiktig forvaltning av områda er avgjerande for å nå det nasjonale målet om at eit representativt utval av norsk natur skal takast vare på for kommande generasjonar. Vidareføring og prioritering av feltarbeidet til Statens naturoppsyn (SNO) gjennom eit effektivt og målretta naturoppsyn er også avgjerande for å nå dette målet. Innsatsen i 2024 vil følgje prioriteringane i Miljødirektoratets strategi for bruk av midlar til tiltak i verneområde for perioden 2020–2025. I 2024 vil regjeringa halde fram med å prioritere tiltak i verneområde for å motverke gjengroing og spreiing av framande artar, som er dei største truslane mot verneverdiane. Tiltak mot framande treslag i verneområda vil framleis ha høg prioritet, og restaureringa av myr og andre naturtypar i verneområda vil halde fram.

Regjeringa vil leggje til rette for at nasjonalpark- og verneområdestyra gjennom besøksstrategiar får eit verktøy for å styre ferdselen til område som toler det, i nasjonalparkar og andre store verneområde. Nokre nasjonalparkar manglar framleis besøksstrategiar, og det vil bli arbeidd vidare med dette i 2024. Regjeringa vil halde fram med å prioritere tilrettelegging, med mellom anna skilting og vedlikehald av stiar. All informasjon om nasjonalparkar og andre store verneområde skal ha høg kvalitet, mellom anna ved å følgje merkevara Noregs nasjonalparkar og vere i tråd med besøksstrategien for området. Utvikling av nettstaden Norgesnasjonalparker.no vil halde fram i 2024.

Norsk natur er òg ein ressurs for både lokalbefolkning og turistar. Besøkssentera for nasjonalparkane skal formidle informasjon om nasjonalparkar og andre verna område, og dei skal stimulere til å bruke naturen til friluftsliv og som læringsarenaer og møteplassar for samarbeid mellom forvaltning, naturoppsyn, næringsliv, skular, barnehagar, frivillige organisasjonar og andre aktørar.

Forvaltningsordning for nasjonalparkar og andre store verneområde

Om lag 17,6 pst. av arealet i Noreg er verna etter naturmangfaldlova. Desse areala har tradisjonelt blitt forvalta av statsforvaltarane. I 2009 vart myndet til å forvalte dei største verneområda flytta frå statsforvaltarane til lokalpolitisk samansette styre. Styra består av ordførarar eller andre folkevalde utnemnde av aktuelle kommunestyre og fylkesting og dessutan representantar utnemnde av Sametinget i område med samiske interesser.

Bakgrunnen for innføringa av den nye forvaltningsmodellen i 2009 var behandlinga av St.meld. nr. 62 (1991–92) Ny landsplan for nasjonalparker og andre større verneområder i Norge, der det vart etterlyst «folkevalgt medvirkning og medbestemmelse» i verneområdeforvaltninga (Innst. S. nr. 124 (1992–93)). Rammene for ny forvaltningsmodell med lokalpolitisk samansette styre, vart lagde i Prop. 1 S (2009–2010). I dag blir alle store verneområde, med unntak av Hardangervidda nasjonalpark, forvalta etter denne ordninga.

Oppgåvene til verneområdestyra er mellom anna å behandle søknader om dispensasjon frå verneforskrifta, følgje opp brot på verneforskrifta, lage forvaltningsplanar og besøksstrategiar, søkje om midlar og sørgje for gjennomføring av tiltak og følgje opp tilstanden i verneområda. Det er i dag 48 lokalt/regionalt baserte verneområdestyre.

I 2017 vart det sett i gang ei forsøksordning i dei tre verneområda Trollheimen, Raet og Jomfruland. Styra i disse tre områda vart utvida med grunneigarrepresentantar og i Trollheimen også med nærings- og natur- og friluftsorganisasjonar. Eit slikt forsøk vart varsla i regjeringa Solbergs regjeringserklæring frå 2013: «Lokal medvirkning er viktig i forvaltning av naturressurser, og regjeringen vil ha forsøk med grunneierstyrt forvaltning av verneområder». I 2018 vart forsøket utvida til å omfatte styret for Skarvan og Roltdalen nasjonalpark.

Både den ordinære forvaltningsordninga som vart innført i 2009, og forsøksordninga er evaluert: Evaluering av forvaltningsordning for nasjonalparker og andre store verneområder (NF-rapport nr.: 1/2021, Nordlandsforskning i samarbeid med NINA og Fritjof Nansens institutt) og Følgeevaluering av partssammensatte nasjonalpark- og verneområdestyrer (NF-rapport nr.: 9/2020, Nordlandsforskning).

Evalueringa av forvaltningsordninga viser at ordninga med lokalpolitisk samansette verneområdestyre i all hovudsak fungerer godt. NF-rapport nr.: 1/2021 konkluderer med at konfliktnivået i verneområdeforvaltninga er redusert på nasjonalt nivå. Kunnskapsnivået har auka, og det har blitt større openheit i forvaltninga. Forvaltningsmodellen ser ut til å ha gjeve betydeleg betra lokal forankring. Eigarskap til og medvit om verneverdiane har blitt styrkte. Ivaretakinga av verneverdiane har verken blitt styrkt eller svekt.

Å gå tilbake til ordninga der statsforvaltarane forvaltar dei største verneområda, vil gje mindre folkevald og lokal innflytelse over verneområdeforvaltninga. Evalueringa viser at dette heller ikkje er nødvendig av omsyn til verneverdiane. Departementet meiner difor at ordninga med lokalpolitisk samansette styre bør bestå. Evalueringa gjev kunnskap som er nyttig for å gjere verneområdeforvaltninga så god som mogleg framover.

Evalueringa av forsøksordninga (NF-rapport nr.: 9/2020) viser at det er gode erfaringar med ordninga blant styrerepresentantar, medlemmer av rådgjevande utval, forvaltninga og aktørar med interesser i verneområda. Det er ikkje mogleg å konkludere med at forsøksordninga har skapt alvorlege utfordringar verken for verneområdestyra, forvaltninga eller verneverdiane.

Ei hovudhensikt med forvaltningsordninga som vart innført i 2009, var å flytte mynde frå stat til lokale folkevalde. Grunneigarar og partsrepresentantar i styra vil etter departementet sitt syn svekkje den kommunale innflytelsen og dermed intensjonen bak den noverande ordninga med lokalpolitisk samansette verneområdestyre. Grunneigarar og partsrepresentantar i styra vil dessutan innebere eit markant brot med ordninga for anna offentleg arealforvaltning i Noreg, som i utgangspunktet er underlagd lokalpolitisk styring i kommunane av demokratisk valde representantar. Verken grunneigarar eller andre interesser er til dømes direkte representerte i kommunestyra i kraft av eigarrettane sine eller andre særrettar dei har. Inkludering av grunneigarar og brukarinteresser i styra vil etter departementet sitt syn kunne svekkje demokratiske omsyn, og det kan også reise habilitetsspørsmål. Rapporten frå evalueringa av forsøksordninga tek ikkje opp desse problemstillingane, men departementet meiner dei utgjer tungtvegande grunnar mot å endre den noverande modellen.

Inkludering av grunneigarar og brukarinteresser i styra kan dessutan gjere at styra blir krevjande å administrere og dyrare å drifte. Enkelte stader kan det også bli utfordrande å finne gode løysingar for utpeiking av grunneigarrepresentantar.

Av modellane som har vore forsøkt, meiner departementet at Trollheimen-modellen, der det vart gjeve styreplassar ikkje berre til grunneigarar, men både til dei med bruksrett, friluftslivsorganisasjonar og naturvernorganisasjonar, er den minst problematiske når det gjeld demokratiomsyn. Modellen er krevjande å administrere som følgje av høgt tal på styrerepresentantar.

Da modellen med lokal forvaltning vart etablert i 2009, vart det lagt til grunn at grunneigarar, friluftsorganisasjonar mv. skal ha ei tydeleg rolle i forvaltninga gjennom deltaking i dei såkalla rådgjevande utvala som det er lagt til grunn at nasjonalpark-/verneområdestyra opprettar. Denne ordninga sikrar etter departementet sitt syn nødvendig forankring hos grunneigarar, organisasjonar mv., og styreplass er ikkje nødvendig for å inkludere desse interessene i forvaltninga.

Med særleg vekt på omsynet til lokaldemokratisk innflytelse har departementet difor avgjort ikkje å endre forvaltningsmodellen for at grunneigarar eller bruksinteresser skal gjevast plass i styra.

For å skape mest mogleg einskapleg forvaltning, og også mest mogleg ro rundt styremodellen, meiner departementet det er viktig at alle store verneområde følgjer den same forvaltningsmodellen. Den noverande styremodellen med berre folkevalde representantar i styra i tillegg til representantar utpeikte av Sametinget i område med samiske interesser bør etter departementet sitt syn gjelde for alle nasjonalparkar og andre store verneområde. Frå og med 2024 vil difor forsøksordninga med partssamansette verneområdestyre i Trollheimen, Raet, Jomfruland og Skarvan og Roltdalen bli avvikla.

Besøkssenter for natur og verdsarv

Autoriserte besøkssenter for nasjonalpark, våtmark, villrein, rovdyr, skog og Oslofjorden skal bidra til ivaretaking av natur- og kulturverdiar. Regjeringa vil i 2024 halde fram med arbeidet med å vidareutvikle dei autoriserte besøkssentera som viktige formidlarar av norsk natur. Sentera skal formidle kunnskap om naturen til befolkninga. Barn og unge er særleg prioriterte.

Naturrestaurering

Vi er no inne i FNs tiår for naturrestaurering (2021–2030), og samstundes har verda blitt samd om ein ny naturavtale som har klare mål for naturrestaurering. Naturrestaurering er viktig for å stoppe tapet av naturmangfald og for å redusere klimagassutsleppa. Restaurering av natur er òg viktig for klimatilpassing, til dømes kan intakt myr hindre spreiing av skogbrannar i ei tid med stadig større variasjonar i klima. Regjeringa vil i 2024 halde fram med arbeidet med naturrestaurering etter faglege prioriteringar av Miljødirektoratet.

Kulturlandskap

Gjennom dei årlege jordbruksforhandlingane blir det arbeidd med å vri jordbruksavtalen i ei meir klima- og miljøvennleg retning. Dreiinga medverkar til at vi kan nå dei nasjonale klima- og miljømåla.

Regjeringa vil i 2024 halde fram med arbeidet med å ta vare på kulturlandskap. Ordninga for Utvalde kulturlandskap i jordbruket blir finansiert over budsjettet til Klima- og miljødepartementet og til Landbruks- og matdepartementet og omfattar no totalt 51 område. Ordninga skal sikre verdiar knytte til landskap, naturmangfald, kulturminne og kulturmiljø saman med aktiv jordbruksdrift.

Internasjonalt samarbeid for å ta vare på naturmangfaldet

Tapet av natur går raskare enn nokon gong. Det internasjonale naturpanelet (IPBES) anslår at bortimot 1 mill. artar kan døy ut, og at leveområda stadig blir mindre. Vi treng ei felles løysing på eit globalt problem, og kommande rapportar frå Naturpanelet om moglegheiter for gjennomgripande samfunnsendringar (2024), Nexus-rapporten om koplingar mellom naturmangfald, klima, mat, vatn og helse (2024) og rapporten om næringsliv og naturmangfald (2025) vil bidra med viktig kunnskap. Landa i verda vedtok i 2022 eit nytt globalt rammeverk for bevaring av naturmangfald (naturavtalen) under partsmøtet i konvensjonen om biologisk mangfald (CBD). Korleis avtalen skal følgjast opp i Noreg, vil bli presentert for Stortinget i ei eiga melding i 2024.

Noreg leier styringsgruppa for den nordiske satsinga på naturbaserte løysingar i Norden. Nordisk ministerråd har løyvd 26 mill. DKK til det fireårige programmet som skal auke kunnskapen om naturbaserte løysingar og korleis dei bidreg til betre måloppnåing for klima, klimatilpassing og naturmangfald i dei nordiske landa. Forskrift om utnytting i Noreg av genetisk materiale med opphav i andre land vart fastsett i 2022.

International Maritime Organization (IMO) er i gang med ein revisjon av retningslinjene for tilgroing på skip med sikte på å unngå overføring av framande artar frå eitt farvatn til eit anna. Dette er viktig for å unngå å øydeleggje naturmangfaldet gjennom introduksjon av framande artar som kan skade naturverdiar i sjøen. Noreg har ei nøkkelrolle i arbeidet med revideringa av retningslinjene.

Miljøkriminalitet

Arbeidet med å følgje opp stortingsmeldinga om miljøkriminalitet vil halde fram i 2024. Meldinga har totalt 97 tiltak for å styrkje innsatsen mot miljøkriminalitet. Nasjonalt omfattar tiltaka informasjons- og haldningsskapande arbeid, tilsyn/kontroll, sanksjonar, administrativ handheving, auka bruk av teknologi og samarbeid med andre tilsynsmakter, Tolletaten og politi. Arbeidet i 2024 vil mellom anna omfatte å vurdere lovendringar for å styrkje den strafferettslege forfølginga av miljøkriminalitet, særleg vurderingar av å auke strafferammer.

Internasjonalt er det viktig å få global merksemd om at miljøkriminalitet i breitt (skogkriminalitet, avfalls- og forureiningskriminalitet, flora- og faunakriminalitet, ulovleg mineralutvinning og kulturminnekriminalitet) er ei grenseoverskridande og alvorleg form for organisert kriminalitet som må sjåast i samanheng med annan organisert kriminalitet, inkludert korrupsjon, terrorfinansiering, smugling, menneskehandel, kvitvasking, dokumentfalsk, skatteunndraging og tollsvindel. Tiltaka her omfattar utvikling av internasjonal politikk, internasjonal rettsutvikling, utviklingspolitiske verkemiddel, arbeid i internasjonale organisasjonar og sivilsamfunn, bruk av teknologi, verdikjedesporing og handelsavtalar og motverking av ulovleg netthandel.

Politikk for å nå dei nasjonale måla for friluftsliv

Sikring, ivaretaking og tilrettelegging av friluftslivsområde

Miljødirektoratets ferdselsåreprosjekt vil bli forlengd utover opphavleg prosjektperiode og bli prioritert også i 2024, slik at flest mogleg kommunar får laga eigne planar for ferdselsårene i sin kommune. Det vil òg arbeidast med ordningar om korleis ein kan hjelpe kommunane til å realisere desse planane. Rettleiingsmateriellet om tilrettelegging og etablering av ferdselsårer vil også bli vidareutvikla.

Miljødirektoratet vil styrkje rettleiinga om konsekvensar av klimaendringar for ferdselsårer og anna tilrettelegging for friluftsliv.

Det er viktig at allmenta sin lovlege ferdsel og opphald i strandsona ikkje blir hindra av ulovlege stengsel og installasjonar. Tilskotsordninga som gjev midlar til juridisk bistand til kommunane langs Oslofjorden for å halde allemannsretten i strandsona i hevd, er viktig for å bidra til dette.

Kystsonenettverket for Oslofjorden, som vart etablert i 2022 og består av Oslofjordens friluftsråd, kommunane, fylkeskommunane og statsforvaltarane ved Oslofjorden, har som formål å betre strandsoneforvaltninga og allmenta sin tilgang til Oslofjorden. Regjeringa vil støtte Kystsonenettverket vidare.

Arbeidet med bevaring av viktige friluftslivsområde i heile landet gjennom statleg medverknad til sikring vil halde fram i 2024. Ivaretaking og tilrettelegging av friluftslivsområde i nærmiljøet som kan nyttast av mange, vil bli prioritert. Landfaste område i strandsona og område langs vassdrag med lett tilgjenge har òg høg prioritet. Gjennom øyremerkte midlar bidreg regjeringa i tillegg til utvikling av blågrøne område som ein del av områdesatsingane i Oslo.

Regjeringa vil leggje til rette for auka kunnskap om besøksforvaltning for mykje brukte friluftslivsområde i alle forvaltningsnivå, med særleg merksemd på kommunane.

I 2024 vil det bli gjeve midlar til tilretteleggingstiltak og arbeid med besøksforvaltning på nokre av dei mest brukte turstiane våre gjennom tilskotsordninga Nasjonale turiststiar. Arbeidet med å autorisere nye Nasjonale turiststiar vil halde fram.

Det er viktig med god kunnskap om friluftslivsområda, slik at dei kan forvaltast tenleg, og slik at dei ikkje blir bygde ned eller gjort ringare på annan måte på grunn av mangel på kunnskap om områda. Miljødirektoratet vil difor vidareutvikle rettleiingsmateriellet om kartlegging og verdsetjing av friluftslivsområde, slik at kommunane lettare kan oppdatere den kartlegginga og verdsetjinga som er gjennomført.

Motivering til friluftsliv

Regjeringa vil halde fram med å prioritere motivering til friluftsliv for heile befolkninga. Regjeringa vil i 2024 halde fram med å prioritere tiltak som særleg kan rekruttere barn, unge, personar som er lite fysisk aktive, og personar med innvandrarbakgrunn til friluftslivsaktivitet.

Regjeringa stiller seg positiv til at friluftslivsorganisasjonane gjennomfører eit nytt Friluftslivets år i 2025. Regjeringa vil også i 2024 øyremerkje midlar til Norsk Friluftsliv, slik at desse kan halde fram med arbeidet med å planleggje året.

Regjeringa har lagt inn ei auke på 25 mill. kroner i tilsegnsfullmakta knytt til posten, øremerka tilskotsordninga Friluftslivsaktivitet, der det hausten 2024 vil bli gjeve tilsegn om midlar til tiltak og aktivitet i samband med Friluftslivets år 2025. Dette er viktig for at det kan setjast i gang aktivitet allereie i starten av Friluftslivets år.

Allemannsretten

Allemannsretten er sjølve grunnføresetnaden for friluftslivet i Noreg. Regjeringa vil saman med friluftslivsorganisasjonane halde fram med å informere om rettane og pliktene som allemannsretten gjev, og få auka merksemd på kor viktig det er med god besøksforvaltning. Å spreie kunnskap om naturvennleg ferdsel er viktig for å vareta opplevingskvalitetar, naturmangfald og nærings- og grunneigarinteresser i utmarka. Regjeringa vil òg informere om moglegheitene for fritidsfiske og å hauste etande bær, sopp og vekstar i norsk natur.

Motorferdsel i utmark

I samband med behandlinga av Dokument 8:155 S (2020–2021) og Dokument 8:161 S (2020–2021), jf. Innst. 429 S (2020–2021), bad Stortinget regjeringa om å fremje forslag om revidering av lov om motorferdsel i utmark og vassdrag. Siktemålet er «økt lokalt selvstyre og redusert byråkrati knyttet til praktiseringen av loven, samtidig som hensyn til natur og friluftsliv blir ivaretatt». Med bakgrunn i oppmodinga sette Kongen i statsråd 3. september 2021 ned eit offentleg utval som skal gjennomgå regelverket om motorferdsel i utmark og vassdrag og foreslå endringar i dette. Vedtaket gjev sentrale føringar for arbeidet til utvalet. Mandatet frå regjeringa opnar for ein brei gjennomgang av regelverket, og utvalet står fritt til å foreslå endringar i motorferdsellova eller ei heilt ny lov. Utvalet skal leggje vekt på å skape klare reglar som er enklare å praktisere. Formålet i motorferdsellova om å «ut fra et samfunnsmessig helhetssyn […] regulere motorferdsel i utmark og vassdrag med sikte på å verne om naturmiljøet og fremme trivselen», jf. § 1, ligg fast. Utvalet skal levere utgreiinga si innan 1. desember 2023.

Omfanget av ulovleg motorferdsel er for høgt. Ulovleg motorferdsel er mellom anna ei utfordring for vilt og anna naturmangfald og for friluftslivet. Den forsterka innsatsen frå naturoppsynet knytt til kontroll av lovleg og avdekking av ulovleg motorferdsel vil difor bli vidareført.

Politikk for å nå dei nasjonale måla for forureining

Forureining til vatn, jordsmonn, luft og vegetasjon har ofte alvorlege følgjer for helse og miljø. Regjeringa er særleg oppteken av å redusere spreiing av plastforureining, særleg spreiing av mikroplast, og redusere spreiing av miljøgifter og hindre at miljøgifter hopar seg opp i næringskjeda. Dei viktigaste verkemidla er forureiningslova og produktkontrollova.

Forureiningslova skal medverke til å verne det ytre miljøet mot forureining, redusere eksisterande forureining og til å redusere avfallsmengda og fremje betre avfallshandtering. Formålet er å sikre at forureiningar og avfall ikkje fører til helseskade, går ut over trivselen eller skader evna naturen har til produksjon og sjølvfornying. Lova byggjer mellom anna på prinsippet om at forureinaren betaler, og prinsippet om føre var og set eit generelt forbod mot forureinande utslepp. Verksemder kan søkje miljøstyresmaktene om utsleppsløyve. I slike løyve blir det sett vilkår for utsleppa.

Produktkontrollova skal førebyggje at produkt og forbrukartenester gjev helseskade eller miljøforstyrring, mellom anna gjennom å fremje effektiv bruk av energi i produkt. Lova inneheld mellom anna ei plikt om aktsemd for alle som har å gjere med produkt som kan føre til helseskade eller miljøforstyrring, og eit krav om at ei verksemd må vurdere kjemikaliebruken sin og nytte mindre skadelege alternativ der det kan skje utan urimeleg kostnad eller ulempe.

Til både forureiningslova og produktkontrollova er det fastsett ei rekkje krav i forskrifter. Det er òg fastsett forskrifter med heimel i fleire lover der formålet er å regulere helse- og miljøskadeleg forureining samstundes som ein regulerer andre faktorar som påverkar miljø og samfunn. Vassforskrifta er eit slikt døme.

Regjeringa har som mål å få vedteke ei ny lov for berekraftige produkt i 2024. Lova er viktig for at Noreg kan knyte seg til EUs nye produktrammeverk, irekna forslaget til økodesignforordning og batteriforordninga. Dette rammeverket vil fremje meir berekraftige produkt som mellom anna bruker mindre ressursar, varer lenger, er lettare å reparere og å materialattvinne. Målet er å redusere den samla miljøbelastninga over livsløpet frå produksjon og design til avfallsbehandling.

Tilsyn blir nytta for å avdekkje eventuelle brot på regelverket. Miljøstyresmaktene gjennomfører risikobasert tilsyn ved at dei prioriterer område der påverknad eller risiko for påverknad av miljøet er størst, og der det er stor risiko for brot på miljøregelverket. Når dei finn brot på regelverket, vil miljøstyresmaktene påpeike plikta til å rette opp, bruke ulike verkemiddel og vedta sanksjonar av ulike slag. Miljøstyresmaktene kan mellom anna nytte gebyr ved brot på reglane.

Andre viktige verkemiddel i forureiningspolitikken er regelverk som er forvalta av andre styresmakter, avgifter som reflekterer dei samfunnsøkonomiske kostnadene ved utsleppa, og som stimulerer til redusert forureining, tilskot over statsbudsjettet og kunnskap om utslepp, spreiing og effektar av forureining.

Forureining kryssar landegrenser. Eit ambisiøst EU/EØS-regelverk og internasjonale avtalar der landa tek på seg å redusere utsleppa sine, er difor viktige for å redusere forureining som skader miljøet og helsa til menneske.

Kjemikaliar

Kjemikaliepolitikken skal redusere risiko for skade på helse og miljø knytt til utslepp og bruk av kjemikaliar generelt. Føre-var-prinsippet skal brukast når kunnskapen om risiko for helse og miljø er usikker. Miljøgifter og andre stoff som er rekna for å utgjere ein alvorleg trussel mot helse og miljø, blir sette på den norske prioritetslista3 – som for tida omfattar over 80 stoff og stoffgrupper. Regjeringa arbeider for å redusere spreiinga av slike stoff. Prioritetslista spesifiserer kva stoff som skal fasast ut og gjev føringar om at nasjonalt og internasjonalt arbeid med desse stoffa skal prioriterast. Utsleppa av stoffa på lista blir reduserte gjennom streng regulering av produkt både nasjonalt og internasjonalt, gjennom tiltak for opprydding av forureining og gjennom krav til industriutslepp og avfallshandtering. Ein viktig del av arbeidet vidare er å følgje opp prioritetslista nasjonalt og internasjonalt og å identifisere fleire stoff som skal omfattast av prioritetslista. I arbeidet med nye prioriterte stoff blir ikkje berre enkeltstoff vurderte, det er òg lagt vekt på å vurdere grupper av stoff med like eller nærliggjande eigenskapar som potensielt kan takast i bruk som erstatningar for kvarandre. På den måten kan ein unngå til dømes uheldige erstatningar med like farlege, nesten like stoff.

Prioritetslista vart presentert første gongen i 1997. Tre bisfenolar, flammehemmaren DBDPE, plaststoffet melamin og duftstoffet galaxolid er vurderte å oppfylle kriteria for prioritetslista, og desse stoffa blir no inkluderte i lista – sjå nærmare omtale i boks 7.1.

Boks 7.1 Seks nye stoff til prioritetslista

Det er eit nasjonalt mål at bruk og utslepp av kjemikaliar på prioritetslista skal stansast, og formålet med prioritetslista er å gje føringar for arbeid med utfasing av desse farlegaste stoffa. Bisfenolane BPS, BPF, BPAF, flammehemmaren DBDPE, plaststoffet melamin og duftstoffet galaxolid er stoff som er vurderte å oppfylle kriteria for prioritetslista, og blir no inkluderte på lista.

Bisfenol S (BPS), Bisfenol F (BPF) og Bisfenol AF (BPAF) og og dets 8 salter, liknar på bisfenol A (BPA) som allereie er oppført på prioritetslista. Stoffa kan truleg brukast som ei erstatning for BPA på fleire bruksområde. Viktige bruksområde er i produksjon av plastpolymerar og til bruk i mellom anna matkontaktmateriale, papirprodukt og syntetisk gummi. Stoffa er hormonforstyrrande, noko som inneber at dei kan påverke reproduksjonen, vekst og utvikling. BPS, BPF og BPAF er bevist hormonforstyrrande i miljøet, og BPS er i tillegg bevist hormonforstyrrande hos menneske. På bakgrunn av at stoffa oppfyller kriteria som hormonforstyrrande, blir dei førte opp på prioritetslista.

Flammehemmaren DBDPE blir brukt i store volum som flammehemmar i plast, gummi, bygningsmateriale, elektriske og elektroniske artiklar, tekstilar og køyretøy. Stoffet er ein mogleg erstattar for flammehemmaren Deka-BDE som tidlegare vart mykje brukt, men som no er regulert via Stockholm-konvensjonen. Fleire studiar viser at DBDPE ikkje blir broten ned i miljøet og er svært persistent. Stoffet hopar seg også svært lett opp i levande organismar. Stoffet blir funne att høgt oppe i næringskjeda, slik som i ringsel og isbjørn i Arktis. Det er også målt i fleire ulike fiske- og fugleartar både i Noreg og Arktis. På bakgrunn av at stoffet oppfyller kriteria som svært lite nedbryteleg og svært bioakkumulerande, blir det ført opp på prioritetslista.

Plaststoffet melamin blir brukt som byggjestein i melaminplast. Plasttypen blir mellom anna brukt i plasttallerkenar, koppar og laminat. Ved bruk kan melamin leke ut frå produkt og overførast til mat eller menneske. Melamin er svært lite nedbryteleg og er vassløyseleg og mobilt. Stoffet er funne i vatn og elvar mange stader i verda, også i drikkevatn. Stoffet finst også i menneske og kan overførast frå mor til barn via brystmjølk. Det er kreftframkallande og skadeleg for nyrene og blir ikkje brote ned i kroppen. På bakgrunn av at stoffet er persistent, mobilt og toksisk, blir det teke inn på prioritetslista.

Duftstoffet galaxolid blir brukt i produkt som vaskemiddel, parfyme, såpe og sjampo. Stoffet er delvis ei erstatning for muskstoff som no er strengt regulerte. Stoffet blir funne att i avløpsslam og kan spreiast i miljøet når slam blir brukt til jordforbetring, og kan da ha lang opphaldstid i jorda. I norsk overvaking er galaxolid ofte påvist i dyr og i miljøet. Stoffet kan oppkonsentrerast i fisk og i næringskjeda, og det er giftig for vasslevande organismar. Galaxolid er vurdert å oppfylle kriteria for å vere toksisk, persistent og bioakkumulerande.

Miljøgifter blir transporterte over lange strekningar med luft- og havstraumar, gjennom handel med produkt og gjennom avfallsstraumar. Difor er arbeid på både nasjonalt, europeisk og internasjonalt nivå svært viktig og ein føresetnad for å handtere utfordringane vi står overfor. Produkt blir omsette internasjonalt, og norske forbod og andre reguleringar må vere i samsvar med Noregs internasjonale plikter om produktregulering og handel. Kjemikalieregelverket i Noreg og EU er harmonisert gjennom EØS-avtalen. Hovudregelen er såleis at dei same krava skal gjelde i Noreg og i EU. Noreg medverkar aktivt i arbeidet for å styrkje og gjennomføre EU-regelverket på kjemikalieområdet. Sentral er også oppfølging av EUs kjemikaliestrategi for berekraft som vart lansert hausten 2020. Mellom anna skal mange kjemikalieregelverk reviderast for å få på plass regulering av fleire helse- og miljøfarlege stoff raskare.

EU har eit omfattande regelverk for registrering, vurdering, godkjenning og restriksjonar på kjemikaliar (REACH) og for klassifisering, merking og emballering av helse- og miljøfarlege stoff (CLP). Vidare utvikling av desse regelverka er svært viktig i kjemikaliepolitikken. Eit viktig døme er forslaget om eit generelt forbod mot perfluorerte stoff (PFAS) i Europa som Noreg har fremja saman med fire EU-land.

Noreg har òg felles reglar med EU om produkt med biocid som blir nytta til å øydeleggje uønskte organismar, og norsk innsats med vurdering av aktive stoff og biocidprodukt skal aukast. Noreg gjev godkjenning til biocidprodukt for den norske marknaden.

Det europeiske kjemikaliebyrået ECHA (European Chemicals Agency) er navet i ei omfattande kunnskapsutveksling og vidareutvikling av kunnskapsgrunnlaget for kjemikaliearbeidet til EU. Noreg deltek aktivt i arbeidet til ECHA.

Noreg arbeider aktivt og er ein pådrivar for globale tiltak for å redusere forureining og sikre meir forsvarleg handtering av kjemikaliar og avfall, til dømes under Stockholm-konvensjonen om persistente organiske sambindingar, Basel-konvensjonen om grensekryssande transport av farleg avfall og anna avfall, Rotterdam-konvensjonen om handel med farlege kjemikaliar, Minamata-konvensjonen om kvikksølv og miljøgiftprotokollane under FNs økonomiske kommisjon for Europa. Noreg arbeider kontinuerleg for global regulering av fleire stoff under Stockholm-konvensjonen. På partsmøtet i mai 2023 vart det vedteke forbod mot flammehemmaren Dekloran pluss, etter forslag frå Noreg. Det vart òg vedteke forbod mot insektmiddelet metoksyklor og industrikjemikalien UV-328. Under Minamata-konvensjonen støttar Noreg forslag om å utvide forbodet mot kvikksølv i produkt og produksjonsprosessar på partsmøtet hausten 2023. Noreg deltek også i forhandlingane om eit nytt globalt rammeverk for helse- og miljøforsvarleg handtering av kjemikaliar og avfall med mellom anna mål og tiltak for farlege stoff som fell utanfor verkeområda til konvensjonane. Målsetjinga er at landa skal bli samde om det nye rammeverket hausten 2023. Noreg jobbar også for å få på plass eit nytt globalt vitskapspanel for kjemikaliar, avfall og forureining etter mal av Klimapanelet (IPCC) og Naturpanelet (IPBES). Forhandlingane om panelet skjer i perioden 2022–2024. Dette vil bidra til å drive fram ny kunnskapsbasert politikk og nytt regelverk.

Kunnskap gjennom forsking, kartlegging av potensielt skadelege stoff i produkt, avfall og utslepp og miljøovervaking er svært viktig i kjemikaliearbeidet. Betre kunnskap om miljøgifter i Arktis er av stor strategisk vekt for å få på plass regionale eller globale avtalar fordi det er utbreidd internasjonal semje om at stoff som blir funne att i Arktis, langt frå utsleppskjeldene, utgjer alvorlege problem.

Mål om nullutslepp frå petroleumsverksemda

Utsleppa frå petroleumsverksemda av miljøfarlege tilsette kjemikaliar, stoff som finst naturleg, inkludert dispergert olje, og radioaktive stoff som finst naturleg, har totalt sett auka dei siste åra. Det er difor behov for å føre vidare arbeidet og framleis følgje opp nullutsleppsmålet for petroleumsverksemda.

Gammal forureining i grunn og sjøbotn

Gammal forureining lagra i jord og sjøbotn kan føre til skade på helse og miljø og vere ei kjelde til spreiing av helse- og miljøskadelege kjemikaliar. Arbeidet med forureina grunn i Noreg har gått føre seg i fleire tiår, og kvart år blir eit stort tal lokalitetar i Noreg undersøkte, registrerte og, ved behov, sanerte. Totalt er det no drygt 13 000 lokalitetar i databasen Grunnforurensning, irekna 1 000 med alvorleg grunnforureining. Oppryddinga har i hovudsak skjedd etter pålegg med heimel i forureiningslova, retta mot den ansvarlege forureinaren eller grunneigaren.

Tidlegare har mykje av arbeidet vore konsentrert om kartlagde, prioriterte forureina lokalitetar og tiltak i barnehagar. I dag er opprydding av alvorleg blyforureining ved Forsvarets skyte- og øvingsfelt og opprydding av perfluorerte stoff (PFAS) frå brannøvingar ved norske lufthamner høgt prioriterte. Dei fleste andre oppryddingstiltaka i forureina grunn skjer i tilknyting til at byggje- og gravearbeid eller terrenginngrep skal gjennomførast i forureina område, og blir i hovudsak behandla av kommunane.

Arbeidet med opprydding i forureina sjøbotn følgjer føringane i handlingsplanen om forureina sediment frå 2006 (jf. St.meld. nr. 14 (2006–2007) Sammen for et giftfritt miljø). I fleire år har hovudvekta av arbeidet på dei prioriterte områda med forureina sjøbotn vore tiltak i innleiande fasar med undersøkingar, pilotprosjekt og liknande. Arbeidet er no komme over i ein fase der fleire område i åra framover blir klare for opprydding av forureina sjøbotn. Dette er det mest kostnadskrevjande i arbeidet.

Av dei 17 høgast prioriterte områda, som er omtalte i handlingsplanen om forureina sediment, er 6 område ferdig rydda. I tillegg er det ferdig rydda i delar av fleire av dei andre prioriterte områda. Av nyare arbeid vart arbeidet med å rydde opp i forureina sjøbotn i Hammerfest hamn avslutta i 2023. Forutan dei 17 områda er det mellom anna også rydda opp i Horten hamn.

I statsbudsjettet for 2022 vart det gjeve midlar til oppstart av opprydding i forureina sjøbotn i Store Lungegårdsvann i Bergen. Oppryddinga er venta å vere ferdig i 2024.

Handlingsplanen for forureina sediment inneheld også mål om undersøkingar og tiltak i forureina sjøbotn ved prioriterte skipsverft, store hamner og småbåthamner. Miljødirektoratet og statsforvaltarane arbeider med å syte for at områda blir kartlagde, og at det blir rydda opp der det er nødvendig.

Opprydding i forureina grunn og sjøbotn er kostbart og tidkrevjande, og hovudregelen er at prinsippet om at forureinaren betaler, skal leggjast til grunn ved opprydding av forureina område. I nokre tilfelle vil likevel statlege styresmakter medverke med finansiering. Statleg medverknad kan til dømes vere aktuelt og nødvendig der den ansvarlege av ulike årsaker ikkje kan identifiserast eller ikkje kan stå for ei god opprydding, eller der det vil vere urimeleg at den ansvarlege skal dekkje alle kostnadene, jf. omtale av tildelingskriterium for oppryddingspostane kap. 1420, post 39, 69 og 79.

Farleg avfall

Farleg avfall inneheld helse- og miljøfarlege stoff. Farleg avfall på avvegar kan føre til at miljøgifter blir spreidde og hopar seg opp i naturen. Difor må dette avfallet samlast inn og behandlast forsvarleg. Farleg avfall skal ikkje blandast saman med anna avfall, men handterast for seg. Det skal takast forsvarleg hand om og anten gå til materialattvinning eller energiutnytting eller vere sikra god nok nasjonal sluttbehandlingskapasitet. Det er òg strenge reglar som skal hindre at slikt avfall blir eksportert til land utan kapasitet til å behandle det forsvarleg. Auka materialattvinning av farleg avfall som kan skje utan ukontrollert spreiing av miljøskadelege stoff, er i tråd med intensjonen om sirkulær økonomi og norsk avfallspolitikk.

Farleg avfall oppstår i landbasert industri, i petroleumsindustri og bergverksdrift, i hushalda og ved avfallsforbrenning. I 2021 vart det ifølgje SSB levert 1,83 mill. tonn farleg avfall i Noreg til godkjend behandling. Dette er ein auke frå året før og over ei dobling frå mengda i 2003. Auken frå 2003 kan dels forklarast med auka aktivitet i industrien, dels med at meir avfall frå petroleumsindustrien til havs har blitt ført til land. I tillegg har strengare regelverk både i EU og i Noreg ført til at fleire avfallstypar er klassifiserte som farleg avfall. Det blir òg produsert og omsett stadig fleire produkt, og mange av desse inneheld helse- og miljøfarlege stoff. For å medverke til å førebyggje farleg avfall er det viktig å arbeide for at det blir utvikla meir miljøvennlege produkt.

Det er i utgangspunktet industrien som sjølv har som ansvar å sikre forsvarleg behandling av avfallet sitt, også farleg avfall. Samstundes er det viktig at Noreg held oppe ein nasjonal behandlingskapasitet for farleg avfall i samsvar med dei internasjonale pliktene som følgjer av mellom anna Basel-konvensjonen, og EUs rammedirektiv om avfall. Klima- og miljødepartementet følgjer difor utviklinga med etablering av ny behandlingskapasitet for farleg avfall.

Ein sirkulær produkt- og avfallspolitikk

Naturressursane i verda er under auka press, noko som nødvendiggjer omstilling til ein sirkulær økonomi der vi reduserer forbruket og endrar måten ein produserer og forbruker varer på. I ein sirkulær økonomi vil produkta forbrukarane kjøper, bli brukte lengst mogleg, bli reparerte/oppgraderte og bli brukte om igjen eller materialattvunne slik at ressursane blir haldne i krinsløpet og kjem til nytte som råvarer for nye produkt og slik erstattar ny råvare.

Dette føreset utvikling av ein heilskapleg produktpolitikk som støttar opp om sirkulær økonomi, inkludert å leggje om til ein sirkulær avfallspolitikk der ombruk og materialattvinning står i sentrum. Dei neste åra er det fleire område innan sirkulær økonomi som blir viktige.

Regjeringa arbeider mellom anna med ein handlingsplan for sirkulær økonomi. Denne skal følgje opp den nasjonale strategien for sirkulær økonomi frå 2021. Noreg er ein integrert del av den indre marknaden og arbeider aktivt saman med og overfor EU i prosessar knytte til utviklinga av felleseuropeisk regelverk som motor for sirkulær omstilling i heile Europa. EUs kommande regelverk for sirkulær økonomi utgjer ei sentral plattform for Noregs bidrag til å løyse manglande berekraft i verdsøkonomien. Å utvikle ein meir sirkulær økonomi kan bidra til å nå internasjonale, regionale og nasjonale mål for berekraft, og Noreg bidreg i EUs regelverksutvikling på prioriterte område. Regjeringa ser regelverksutviklinga som eit sentralt bidrag til å nå våre eigne klima- og miljømål og som viktig for konkurransekrafta til norsk næringsliv. Døme på dette er utvikling av avfallspolitikken og produktpolitikken. Eit felles europeisk miljøregelverk vil gje størst miljømessig gevinst. Den sirkulære økonomien kan óg vere eit bidrag til fleire av FNs berekraftsmål under Agenda 2030.

Det er eit nasjonalt mål at veksten i mengda avfall skal vere vesentleg lågare enn den økonomiske veksten. Dei stadig veksande avfallsmengdene gjer at belastninga på klima og miljø som følgje av råvareuttak, produksjon og forbruk, irekna utfordringane knytte til avfallsbehandling på lang sikt, vil auke om ein ikkje lykkast med å førebyggje avfallsgenerering. Over tid har strengare krav til deponi og forbrenningsanlegg og bruk av meir miljøvennleg teknologi medverka til store reduksjonar i utslepp til luft og vatn frå sluttbehandlinga av avfall. Dei store grepa i avfallspolitikken er difor ikkje lenger knytte berre til utsleppa frå sluttbehandling av avfall, men til å redusere avfallsmengdene gjennom førebyggjande tiltak lenger opp i verdikjeda, slik som produktdesign for auka levetid og moglegheit for reparasjon, auka ombruk av produkt og auka materialattvinning. På den måten reduserer vi utsleppa frå uttak av ressursar og frå produksjonen og transporten av nye produkt og frå avfallsbehandling. Dette er i tråd med EUs rammedirektiv om avfall som er innlemma i EØS avtalen. Her blir også EU/EØS-landa pålagde å rapportere på ombruk frå og med 2023. Rapporteringa gjev Noreg betre kunnskap om omfanget av ombruk, og EU-kommisjonen vil bruke informasjonen til å vurdere eit eventuelt bindande EU-mål for ombruk.

Avfallspolitikken blir gjennomført i eit samspel mellom ei rekkje ulike verkemiddel: forureiningslova og forskrifter gjevne i medhald av lova, avgifter, refusjons- og panteordningar, bransjeavtalar og informasjonstiltak og kombinasjonar av desse.

Samfunnsøkonomisk sett er målet at uttak, produksjon og forbruk skal skje på ein berekraftig måte. Politikken for sirkulær økonomi bidreg ved å gjere produkt lettare å reparere, noko som mogleggjer forlengd levetid og ombruk, auka materialattvinning og bidreg til større mengd sekundære råvarer av god kvalitet. Noregs arbeid med å redusere og fjerne miljøgifter og andre farleg stoff frå produkta og plast vil gjere det lettare å vinne tilbake materiale og bruke sekundært råmateriale i nye produkt som del av eit sirkulært krinsløp. Nøkkelen er eit tett samspel mellom avfalls- og produktpolitikken.

Det er eit nasjonalt mål at materialattvinninga skal auke. EU/EØS-regelverk inneber mellom anna ambisiøse mål om materialattvinning for avfall frå hushalda og liknande avfall frå næringslivet. For slikt avfall er det krav om 55 pst. materialattvinning innan 2025, 60 pst. innan 2030 og 65 pst. innan 2035. For emballasjeavfall er det ulike delkrav om materialattvinning for dei ulike materialslaga for 2025 og 2030. For all emballasje er det eit samla krav om 65 pst. materialattvinning i 2025 og 70 pst. i 2030. Dette avfallsregelverket er innlemma i EØS-avtalen og er gjeldande for Noreg òg. Miljødirektoratet har på oppdrag frå Klima- og miljødepartementet analysert tiltak for førebuing til ombruk og materialattvinning av hushaldsavfall og liknande avfall frå næringslivet som kan innførast for å nå måla. Analysen fortel oss at det vil bli svært krevjande å nå måla, men at fleire tiltak kan gje innsparingar for kommunale og private verksemder. Klima- og miljødepartementet gav Miljødirektoratet i oppdrag å greie ut aktuelle verkemiddel for å nå dei nye måla. Miljødirektoratet tilrår mellom anna krav om differensiering av avfallsgebyr og nye krav til alle kommunar og næringslivet om å samle inn utsortert papp, papir, glas, metall og tekstilavfall. Sistnemnde endringar vart sende på høyring sommaren 2023. Miljødirektoratet utarbeider konkrete forslag til endringar av reguleringa av produsentansvarsordningane for å sikre at dei blir styrkte for å underbyggje ein meir sirkulær økonomi, og for å sikre at ordningane blir meir framtidsretta og robuste.

Klima- og miljødepartementet vil jobbe for å finne gode løysingar for mellom anna tekstilar og emballasje. Sentralt står EU-kommisjonens forslag til eit forsterka rammeverk for berekraftige produkt (ny økodesignforordning), emballasjeforordninga og rammedirektivet om avfall, EUs oppfølging av tekstilstrategien frå 2022 og oppfølging av EUs nye batteriforordning.

Det blir stadig viktigare å sjå på korleis produkt blir designa og utforma, sidan dette speler ei avgjerande rolle for om det er mogleg å reparere produkt, og dessutan for handteringa i avfallsfasen til produktet. Nye måtar å regulere produkt på, som til dømes ny batteriforordning og forslaga til høvesvis ny økodesignforordning og emballasjeforordning, understrekar behovet for framover å sjå avfallspolitikken meir i samanheng med produkt- og kjemikaliepolitikken. Eit viktig mål er å oppnå meir berekraftige produkt og verdikjeder og dessutan giftfrie materialkrinsløp. EUs regelverk for eksport og import av avfall som no blir revidert i EU, blir også viktig for overgangen til ein meir sirkulær økonomi. Det same gjeld meir målretta bruk av offentlege innkjøp for å styrkje etterspurnadssida i den sirkulære økonomien. Her kjem det konkrete, bindande krav til grøne offentlege innkjøp i fleire EU/EØS-regelverk innan sirkulær økonomi i åra framover.

Tekstilar er ei prioritert verdikjede. I tekstilstrategien til EU vart det varsla fleire tiltak, mellom anna gjennom reglar for utvida produsentansvar for tekstilar, som EU-kommisjonen no har foreslått. Klima- og miljødepartementet sette i 2022 ned ei arbeidsgruppe som skal komme med ei tilråding til korleis utvida produsentansvar kan innrettast i Noreg. Arbeidsgruppa leverte eit kunnskapsgrunnlag om tekstilsektoren våren 2023 og ei endeleg tilråding i september 2023. Miljødirektoratet har på høyring eit forslag om nye krav til utsortering og separat innsamling, deriblant krav om separat innsamling av tekstilavfall frå 2025. Krav til utsortering av tekstilar er nødvendig for å sikre meir ombruk og materialattvinning. Da er det også viktig at tekstilar som blir sette på marknaden, er laga for å vare lenge, kunne reparerast, brukast om att og i større grad materialattvinnast, og her har EU varsla at det kan komme fleire krav til produktdesign. Som del av den foreslåtte nye økodesignforordninga ønskjer EU-landa (Rådet) og EU-parlamentet eit forbod mot at store selskap kan destruere uselde tekstilar. Forslaget er under forhandling i EU.

Å førebyggje matsvinn er ei viktig prioritering for regjeringa. Bransjeavtalen om reduksjon av matsvinn er det fremste verktøyet regjeringa har for å halvere matsvinnet innan 2030, jf. FNs berekraftsmål på området. Den første rapporteringa frå 2020 viser likevel at det framleis er mykje som står att for å nå målet om 50 pst. reduksjon innan 2030. Regjeringa sette i år ned eit utval som skal vurdere tiltak og verkemiddel som skal sikre at Noreg når målet, inkludert korleis ei matkastelov skal inngå i ein samla verkemiddelbruk. Arbeidet blir levert i desember 2023 og skal ha ei brei og heilskapleg tilnærming både til tiltak og verkemiddel og til verdikjeda i og for seg. Bransjeavtalen om reduksjon av matsvinn skal framleis vere eit sentralt verkemiddel for å redusere matsvinn i Noreg.

Nasjonal avfallsplan, inkludert avfallsførebyggingsprogram, vart oppdatert i 2019 og inneheld status og planar for avfallshandtering i perioden 2020–2025.

Klima- og miljødepartementet følgjer arbeidet i EU, speler inn norske posisjonar på prioriterte område og førebur gjennomføring av ei rekkje EU/EØS-regelverk innan sirkulær produkt- og avfallspolitikk i norsk rett.

Særleg om plast og plastforureining

Marin plastforsøpling og tilførsel av mikroplast til havet er ei av dei mest alvorlege globale miljøutfordringane. Dette er ei omfattande og kompleks problemstilling som krev tiltak på mange område, både nasjonalt og internasjonalt. Det er behov for gode løysingar for alle fasar i livsløpet til plasten, for å utnytte ressursane betre og hindre at plast kjem på avvegar i miljøet.

Den nasjonale plaststrategien som vart lagd fram i 2021, ligg generelt til grunn også for prioriteringane til denne regjeringa. Samstundes vil behovet for ytterlegare tiltak og verkemiddel bli vurderte i lys av stadig ny kunnskap på området. Strategien gjer greie både for tiltak som er sette i verk, og nye tiltak som blir førebudde.

Regjeringa vil i 2024 framleis leggje vekt på å følgje opp og gjennomføre tiltaka i strategien, både på nasjonalt og internasjonalt nivå. I mars 2022 vart det semje i UNEA om å starte forhandlingar om ein rettsleg bindande internasjonal avtale mot plastforureining. Målet er å ferdigstille avtalen i 2024. Dette arbeidet vil framleis bli prioritert svært høgt. Det har òg blitt løfta under det norske formannskapet i 2023 i samarbeidet under Nordisk ministerråd. Noreg, saman med Rwanda, leier høgambisjonskoalisjonen, ein koalisjon av ei rekkje land som arbeider for ein ambisiøs og effektiv avtale.

Avtalen bør fremje førebyggjande tiltak og støtte opp om redusert avfallsgenerering, høgare attvinningsgrad og tiltak for meir berekraftige plastprodukt. Eit viktig mål for ein ny avtale vil vere å setje nasjonale styresmakter betre i posisjon til å stille krav til produkta i marknadene sine og å gjere produsentar og andre marknadsaktørar ansvarlege for ein større del av kostnadene med å redusere klimagassutslepp og andre miljøkonsekvensar frå plast. I tillegg til arbeidet for ein internasjonal rettsleg bindande plastavtale er gjennomføring i norsk rett av relevant EU/EØS-regelverk på området særleg viktig.

Regjeringa arbeider for å redusere bruken av eingongsartiklar i plast. Mellom anna samarbeider Klima- og miljødepartementet med partane i arbeidslivet om å utvikle ein norsk «plastpartnarskap». Partnarskapet vil vere eit sentral del av Noregs gjennomføring av direktivet om plastprodukt artikkel 4 om forbruksreduksjon. Haldningsskapande arbeid vil òg vere eit sentralt tema. Klima- og miljødepartementet har som mål å få ferdig arbeidet hausten 2023.

Forbruket av plastbereposar har ikkje gått ned som ønskt. Regjeringa vil vurdere behovet for nye verkemiddel og tiltak på dette området og har utfordra bransjen på å få til ein varig reduksjon i forbruket. EU-kommisjonen har i forslag til ny emballasjeforordning foreslått at årleg forbruk av lette plastbereposar på landsbasis ikkje skal vere meir enn 40 stykke per person per år eller tilsvarande i vekt etter 2025. Dersom forslaget blir vedteke og teke inn i EØS-avtalen, vil det forplikte Noreg til å redusere forbruket av plastbereposar vesentleg.

Regjeringa vil no innføre utvida produsentansvarsordningar for fleire plastprodukt, irekna for fiskeri- og akvakulturutstyr som inneheld plast. For enkelte eingongsprodukt av plast skal produsentansvaret også innehalde eit ansvar for forsøpling. For produsentansvaret for utstyr i plast til fiskeri- og akvakulturutstyr vil det gjennomførast høyring og vedtak av forskrift i løpet av 2024.

Det vart nyleg vedteke endringar i forureiningsforskrifta for å gjennomføre EUs reviderte skipsavfallsdirektiv. Endringane tek til å gjelde 1. oktober 2023. Endringa inneber mellom anna fleire og tydelegare krav til oppfølging og tilsyn med skip og at det blir stilt krav om at hamner skal leggje til rette for mottak av kjeldesortert avfall frå skipa som nyttar hamna. Kravet om å betale generelt avfallsgebyr vil no også gjelde fiskefartøy og fritidsbåtar.

EU-kommisjonen har vedteke omsetningsforbod mot tilsett mikroplast i produkt under kjemikalieregelverket REACH. Det omfattar til dømes kroppspleieprodukt og vaskemiddel og også gummigranulat på kunstgrasbaner. Forbodet tek til å gjelde på ulike tidspunkt for forskjellige produktgrupper eller bruksområde. Slik regulering av mikroplast på EU-nivå gjeld for Noreg gjennom EØS-avtalen.

EU-kommisjonen ser også på korleis utilsikta utslepp av mikroplast kan reduserast gjennom standardisering, sertifisering og spesifikk lovgjeving. Førebels er arbeidet konsentrert om dei største kjende kjeldene til utslepp av mikroplast som dekkslitasje, syntetiske tekstilar og plastpellets.

Noreg har god kompetanse om forsøpling og plastforureining frå sjøbaserte kjelder. Noreg er ein sentral aktør i oppfølginga av handlingsplanen mot plastforureining frå skip under FNs sjøfartsorganisasjon IMO, og dette vil ha høg prioritet også framover. Noreg bidreg mellom anna med bistandsmidlar til å opprette og drifte samarbeidsprosjektet IMO og FAO – GloLitter partnerships, som går ut 2024. Under IMO vart det med norsk støtte vedteke å innføre bindande krav om merking av fiskeutstyr. Noreg vil framleis støtte eit forslag om krav om rapportering av tapt fiskeutstyr til IMO, kompatibelt med det vi har i Noreg. Tiltaka kan bidra til lettare sporing, attfinning og førebygging av tap og redusere risiko for ulykker. Noreg la i 2022 også fram forslag til vedtak under IMO om spesifikke tiltak for å redusere risiko for utslepp av plastpelletar under transport med skip.

Overvaking av plastforureining vil vere viktig framover. Miljødirektoratet har starta opp eit miljøovervakingsprogram for mikroplast. Den første fasen av overvakingsprogrammet varer frå 2021 til 2023 og skal dekkje både luft, kystvatn, ferskvatn og urbane område.

Miljødirektoratet arbeider også med utviklinga av eit nasjonalt overvakingsprogram på makroplast sett saman av både eksisterande og ny miljøovervaking.

Senter mot marin forsøpling (Marfo), som frå 1. januar 2022 har vore eit eige statleg organ underlagd Klima- og miljødepartementet, blir frå 1. januar 2024 ikkje lenger eit eige statleg organ, men lagt inn under Miljødirektoratet. Oppgåvene til Marfo vil utviklast vidare under og som ein del av Miljødirektoratet. Mellom anna vil oppgåvene knytte til samordning og kunnskap om opprydding av forsøpling framleis vere viktige.

Noreg bidreg til å styrkje arbeidet med kontroll av plastavfall for å unngå plastforureining under Baselkonvensjonen om grensekryssande transport av farleg avfall og enkelte typar anna avfall. Grensekryssande handel med plastavfall er frå 2019 regulert i Baselkonvensjonen, etter forslag frå Noreg. Noreg arbeider òg for høgare standardar for miljøforsvarleg handtering av plastavfall globalt under Baselkonvensjonen. Partane til Baselkonvensjonen vedtok i 2022 også strengare kontroll med grensekryssande handel med elektronisk og elektrisk avfall.

Oppfølging av handlingsplanar mot marin forsøpling under OSPAR og Arktisk råd, det bilaterale samarbeidet med andre land og samarbeidet under Global Partnership on Marine Litter vil også framleis vere blant oppgåvene framover.

Næringssalt og organisk materiale som forureinar vassdrag og kystområde

For mykje næringssalt (fosfor og nitrogen) og organisk materiale er blant dei tre største påverknadene på vassdraga og kystområda våre. Næringssalt endrar tilstanden i vatn og påverkar algeveksten og oksygenforholda for plante- og dyreliv. Tilførsel av næringssalt til kystområda kjem i hovudsak frå avrenning frå jordbruk, utslepp av kommunalt avløp og fiskeoppdrett og gjennom naturleg avrenning.

Det blir stilt krav etter lov og forskrifter for å redusere utslepp av næringssalt frå kommunalt avløp, fiskeoppdrett og jordbruk. Desse inkluderer mellom anna krav til utslepp av avløpsvatn og krav til utslepp og avfallshandtering ved oppdrettsanlegg etter forureiningslova og -forskrifta og krav til lagring og bruk av gjødsel i forskrifta om organisk gjødsel. Desse regelverka er viktige verkemiddel for å nå vassmiljømåla i vassforvaltningsplanane etter vassforskrifta. Vassmiljømåla seier mellom anna at alt vatn i utgangspunktet skal ha god tilstand. I vassforvaltningsplanane er det sett konkrete miljømål for alle elvar og innsjøar, kystvatn og grunnvatn i Noreg. Det er òg laga tiltaksprogram der det mellom anna er foreslått tiltak for å redusere tilførselen av næringssalt og organisk materiale som forureinar vassdrag og kystområde. Desse tiltaka skal vurderast og følgjast opp av den ansvarlege sektorstyresmakta.

I 2022 godkjende regjeringa dei oppdaterte vassforvaltningsplanane for 2022–2027. Vassførekomstar som er i dårleg og svært dårleg tilstand grunna eutrofi, fekk utsett frist for måloppnåing til 2027–2033. Gjennomgangen av planane viser at det er nødvendig med auka innsats for å redusere utslepp av næringssalt, særleg frå landbruk og avløp, for å nå miljømåla i vassforskrifta.

Utslepp av næringssalt frå kommunalt avløp er ein av hovudpåverknadene til den dårlege tilstanden i Oslofjorden. Regjeringa held fram med å styrkje arbeidet med å redusere utslepp frå avløp til Oslofjorden. Det er mellom anna nødvendig å sørgje for at kommunane får strengare reinsekrav i utsleppsløyva etter forureiningslova og -forskrifta. Regjeringa har difor styrkt kapasiteten til Miljødirektoratet og statsforvaltarane med å revidere utsleppsløyva, i tillegg til å sørgje for god oppfølging og rettleiing av kommunane. Vidare har Klima- og miljødepartementet fastsett forskrift om tilskotsordning for kommunane til planlegging og prosjektering av nitrogenfjerning ved avløpsanlegga deira. Miljødirektoratet har fått i oppdrag å etablere tilskotsordninga med sikte på at denne skal vere på plass for søknader i løpet av hausten 2023, og utbetalingar frå 2024. Miljødirektoratet har også fått i oppdrag å sjå på verkemiddel og insentiv for å få fleire kommunar til å samarbeide. Interkommunalt samarbeid kan bidra til billigare løysingar for kommunane og dermed bidra til å halde gebyra låge.

Når det gjeld jordbruk, skal det i område der tiltaka som er sette i verk, ikkje er tilstrekkelege til at miljømålet god tilstand blir nådd, innførast meir forpliktande krav. Statsforvaltarane og kommunane skal stille krav til gjennomføring av miljøtiltak der det er nødvendig for å nå miljømåla etter vassforskrifta. Kommunane kan stille strengare krav til lagring og bruk av gjødsel. Statsforvaltarane kan stille krav til bestemte rutinar for jordarbeiding og krav om buffersoner for dyrka mark nærliggjande opent vatn mv. Statsforvaltarane, mellom anna rundt Oslofjorden, vurderer no å innføre slike regionale krav som vil medverke til å redusere avrenninga av næringssalt. I tillegg er revisjon av forskrifta om organisk gjødsel, irekna krava til lagring og bruk av gjødsel, høgt prioritert av regjeringa.

Radioaktiv forureining

Delar av Noreg vart hardt ramma av Tsjernobyl-ulykka i 1986. Dette er framleis den største kjelda til radioaktiv forureining i Noreg. Nivåa av radioaktiv forureining frå ulykka og andre kjelder blir overvakte regelmessig for å følgje utviklinga. Overvaking av radioaktivitet i miljøet er også viktig for å kunne oppdage og vurdere omfanget ved nye utslepp. Truslane knytte til den ustabile situasjonen i Ukraina er ei påminning om at det er avgjerande å vareta den nasjonale måleberedskapen og fagkompetansen.

Kjelder til radioaktiv forureining er planlagde utslepp frå ulike verksemder, som frå industri, behandling av pasientar på sjukehus og frå forsking og utdanning. Det er òg radioaktive komponentar i enkelte forbrukarprodukt, til dømes røykvarslarar. Radioaktiv forureining og radioaktivt avfall kan oppstå som eit biprodukt i ulike typar prosessindustri og ved utvinning av mineral og graving i alunskiferhaldig grunn. Forureining og avfall følgjer òg av oppkonsentrasjon av naturlege radionuklidar som finst i berggrunnen, som ved utvinning av olje og gass og ved framstilling av radioaktive stoff.

Arbeidet knytt til forvaltning, tilsyn og opprydding av den norske atomverksemda i Halden og på Kjeller er forventa å auke i 2024. Det er viktig at det blir lagt til rette for trygg, sikker og miljømessig forsvarleg behandling av radioaktivt avfall og brukt brensel, inkludert lagrings- og deponikapasitet.

Ein nasjonal strategi for handtering av radioaktivt avfall blir no utarbeidd. Strategien vil beskrive føringar som avfallsaktørar må ta omsyn til når dei utarbeider planar og strategiar for handtering av det avfallet dei har ansvar for, og for korleis avfall frå dekommisjonering av dei norske atomanlegga skal handterast.

Langtransportert luftforureining

Det internasjonale arbeidet med å redusere langtransportert luftforureining er framleis viktig for å redusere tilførslar av sur nedbør og andre forureiningar til Noreg. Arbeidet skjer innanfor ramma av UNECEs konvensjon om langtransportert grenseoverskridende luftforurensning, som vart vedteken i 1979. Landa som deltek i samarbeidet under denne konvensjonen, har i Göteborgprotokollen av 1999 teke på seg talfesta forpliktingar om å redusere dei årlege utsleppa sine av svovel (SO2), nitrogenoksid (NOX), flyktige organiske sambindingar utanom metan (nmVOC), ammoniakk (NH3) og små helseskadelege partiklar (PM2,5).

Protokollen har som overordna mål å redusere forureiningar som overskrid kritiske belastningsgrenser for skadar på menneskehelse, økosystem, avlingar og materiale. For å nå målet arbeider partane til protokollen stegvis og tek jamleg på seg nye og strengare forpliktingar om å redusere utsleppa sine.

Noreg er no forplikta til å gjennomføre desse reduksjonane i dei årlege utsleppa, samanlikna med nivået i 2005: SO2: 10 pst., NOX: 23 pst., nmVOC: 40 pst., ammoniakk: 8 pst. og PM2,5: 30 pst. Pliktene gjeld for 2020 og åra deretter.

Noreg nyttar ei rekkje juridiske og økonomiske verkemiddel for å redusere utsleppa av desse stoffa i tråd med forpliktingane i Göteborgprotokollen. Avgifta på utslepp av NOX og NOX-avtalen mellom Klima- og miljødepartementet og 15 næringsorganisasjonar for åra 2018–2025 er eit viktig verkemiddel overfor sektorar med store utslepp. Regjeringa har i 2022 forlengd NOX-avtalen med næringsorganisasjonane med to år, for 2026–2027.

Statistisk sentralbyrå publiserte 3. november 2022 utsleppstala for 2021. Førebelse utsleppstal for 2022 vart publiserte 8. juni 2023.

Noreg overheldt i 2020, 2021 og 2022 utsleppsforpliktingane i Göteborgprotokollen for svoveldioksid, nitrogenoksid og små helseskadelege partiklar. For flyktige organiske sambindingar overheldt Noreg forpliktinga i 2021 og 2022. Som følgje av unormalt stort forbruk av desinfeksjonsmiddel under pandemien overskreid desse utsleppa forpliktinga i 2020.

Noregs utslepp av ammoniakk har gått ned med om lag 6 pst. frå 2005 til 2022, altså ei positiv utvikling, men utan at vi enno har komme innanfor forpliktinga om ein reduksjon på 8 pst. Jordbruket står for om lag 95 pst. av ammoniakkutsleppa i Noreg. Landbruksdirektoratet og Miljødirektoratet er samde om at meir miljøvennleg spreiing av husdyrgjødsel vil vere eit viktig tiltak for å oppnå nødvendige utsleppsreduksjonar. Det er etablert ei tilskotsordning for dette formålet under jordbruksavtalen.

Arbeidet med å redusere langtransportert luftforureining er basert på omfattande kunnskap gjennom overvaking, forsking og analysar av utslepp, tilførslar og effektar av luftforureiningar og gjennom modellscenario som viser moglege strategiar for å redusere utslepp i tråd med felles miljømål på tvers av landa i Europa. Norske fagmiljø som Meteorologisk institutt, Norsk institutt for luftforsking og Norsk institutt for vassforsking medverkar i vesentleg grad til kunnskapsutviklinga gjennom funksjonane sine som internasjonale fagsenter under konvensjon om langtransportert grenseoverskridende luftforurensning. Dei internasjonale fagmiljøa speler ei vesentleg rolle i arbeidet med å evaluere effektane av dei noverande forpliktingane i Göteborgprotokollen og med å vurdere kva for ytterlegare utsleppsreduksjonar som er nødvendige for å nå det overordna målet om å beskytte helse og miljø.

Globalt er luftforureining sett på som ein av dei største miljørelaterte truslane mot helsa vår. Helseeffektane av luftforureining medfører store samfunnsøkonomiske kostnader i form av mellom anna for tidleg død, behandlingskostnader og sjukefråvær. Noreg tek del i fleire internasjonale samarbeidsforum som har som oppgåve å betre kunnskapen om effektane luftforureiningar har på menneskehelsa, og å overføre erfaringar frå arbeidet under UNECE-konvensjonen luftkonvensjon til andre regionar.

Noreg har ei pådrivarrolle i arbeidet til FNs sjøfartsorganisasjon (IMO) med å utvikle eit meir effektivt regelverk for å redusere utsleppa til luft frå skipsfarten.

Lokal luftforureining

Klima- og miljødepartementet har det overordna ansvaret for å nå måla om lokal luftkvalitet og ei koordinerande rolle mot andre departement og etatar for å få gjennomført tiltak som kan redusere luftforureining. Noreg deltek òg aktivt i relevante prosessar på EU-nivå om endringar og innstrammingar i EUs regelverk for lokal luftkvalitet.

Kommunane er lokal forureiningsstyresmakt etter forureiningsforskrifta kapittel 7, som er det sentrale verkemiddelet for lokal luftkvalitet. Forureiningsforskrifta kapittel 7 følgjer opp krava i EUs luftkvalitetsdirektiv, som er bindande for Noreg gjennom EØS-avtalen.

Samanlikna med ein del andre land i Europa har Noreg få som døyr for tidleg av luftforureining, men også i norske byar og tettstader fører luftforureining til meir sjukdom og høgare døyelegheit. 160 menneske er berekna å ha døydd for tidleg i Noreg i 2020 på grunn av eksponering for høgare nivå av fint svevestøv (PM2,5) enn det Verdas helseorganisasjon (WHO) tilrår. Luftforureining, som nitrogendioksid og svevestøv, kan føre til eller forverre både luftvegssjukdommar og hjarte- og karlidingar. Barn, eldre og personar med luftvegssjukdommar og hjarte- og karlidingar er spesielt utsette for luftforureining.

Noreg har hatt strengare grenseverdiar for svevestøv enn EU frå og med 2016. Grenseverdiane for svevestøv vart ytterlegare stramma inn frå 1. januar 2022. Årsmiddelen for fint og grovt svevestøv, PM10, er endra frå 25 til 20 mikrogram per kubikkmeter. I tillegg er talet på tillatne overskridingar av døgnmiddelgrensa for PM10 endra frå maksimalt 30 til maksimalt 25 overskridingar av 50 mikrogram per kubikkmeter. Årsmiddelen for fint svevestøv, PM2,5, er endra frå 15 til 10 mikrogram per kubikkmeter.

Både nasjonale og lokale styresmakter har over fleire år jobba aktivt for å betre luftkvaliteten i byar og tettstader, og nivåa av luftforureining har generelt gått nedover. Det skjer framleis brot på grenseverdiane enkelte år. Brota er gjerne knytt til for høge nivå av svevestøv, der utslepp frå vegtrafikk og vedfyring er dei viktigaste lokale kjeldene. Nokre stader kan utslepp frå lokal industri gje brot. Nivåa av luftforureining blir bestemte av meteorologiske forhold, variasjon i lokale utslepp, langtransportert luftforureining og av kva slags tiltak som blir sette i verk for å forbetre luftkvaliteten frå år til år. Fleire av desse faktorane kan variere frå år til år.

Regjeringa innførte endringar i forureiningsforskrifta kapittel 7 om lokal luftkvalitet som tok til å gjelde 1. juli 2022. Endringane skal auke gjennomføringsevna til aktørane og betre etterlevinga av regelverket mellom anna gjennom å forenkle og omstrukturere forskrifta for å gjere henne meir brukarvennleg. I tillegg vart moglegheita kommunane har til å sikre at nødvendige tiltak blir gjennomførte, òg utvida, og Miljødirektoratet har fått fleire styringsverktøy for å sikre at regelverket blir følgt opp.

Luftsamarbeidet, som er samansett av Miljødirektoratet, Statens vegvesen, Meteorologisk institutt, Folkehelseinstituttet og Helsedirektoratet, har dei siste åra utarbeidd ei rekkje tenester om lokal luftkvalitet. Tenestene gjer informasjon om luftkvalitet meir tilgjengeleg for befolkninga og har som mål å lette arbeidet for kommunane i arbeidet deira med lokal luftforureining og å sikre betre luftkvalitet. Denne samlinga av tenester er unik i europeisk skala. Ei oversikt over tenestene til samarbeidet er tilgjengeleg hos Miljødirektoratet: https://www.miljodirektoratet.no/ansvarsomrader/forurensning/luftkvalitet/tjenester-for-luftkvalitet/.

Støy

Klima- og miljødepartementet har det overordna ansvaret for støy og ei koordinerande rolle overfor andre departement og etatar for å få gjennomført tiltak som kan redusere støyplager, og sektordepartementa har ansvaret i sin samfunnssektor.

Dei fastsette nasjonale måla for reduksjon av støyplaga blir ikkje nådde i dag. Med sikte på å lage nye nasjonale støymål har Folkehelseinstituttet og Miljødirektoratet fått i oppdrag å gjere eit førebuande arbeid med kunnskapsinnhenting og på bakgrunn av oppdatert kunnskap foreslå nye støymål og indikatorar.

Forureiningsforskrifta stiller krav om støyreduserende tiltak, kartlegging av støy og utarbeiding av handlingsplanar for å redusere støy. Ein fornuftig arealbruk etter plan- og bygningslova er òg eit viktig og kostnadseffektivt verkemiddel for å førebyggje støyproblem og vareta stilla som grunnlag for friluftsliv og rekreasjon. Det er gjeve felles retningslinjer (T-1442/2021) for behandling av støy i plansaker, med vekt på dei største støykjeldene.

Politikk for å nå dei nasjonale klimamåla

Regjeringa fører ein ambisiøs klima- og miljøpolitikk som byggjer på forvaltaransvaret og føre-var-prinsippet. Regjeringa legg vekt på å styrkje Noregs konkurransekraft og skape grøn vekst og nye grøne arbeidsplassar. Det er nødvendig med ei omstilling til eit moderne, berekraftig lågutsleppssamfunn. Noreg har høg kompetanse, teknologi og tilgang på kapital som gjer det mogleg å medverke sterkt til denne omstillinga. Klimakonvensjonen og Parisavtalen legg grunnlaget for norsk klimapolitikk. Informasjon om internasjonalt klimaarbeid, inkludert Parisavtalen, finn ein i programkategori 12.70 (Internasjonalt klimaarbeid).

Noregs klimamål under Parisavtalen er å redusere utsleppa av klimagassar med minst 55 pst. i 2030 samanlikna med nivået i 1990. Regjeringa ønskjer å oppfylle det forsterka målet saman med EU. Gjennom klimaavtalen med EU har Noreg allereie forplikta seg til å samarbeide med EU om å redusere utsleppa med minst 40 pst. innan 2030 samanlikna med 1990-nivået. Regjeringa er no i dialog med EU om oppdatering av klimaavtalen slik at samarbeidet tek oss til minst 55 pst. innan 2030.

Regjeringa meiner det er behov for høge ambisjonar i klimapolitikken og har sett eit ambisiøst mål for å forsterke og vidareutvikle omstillinga for at Noreg skal bli eit lågutsleppssamfunn. Som eit delmål på vegen mot netto-null-utslepp og lågutsleppssamfunnet har regjeringa sett eit omstillingsmål for heile økonomien i 2030. Dette er formulert i regjeringsplattforma som eit mål om å kutte norske utslepp med 55 pst. samanlikna med 1990. Det inneber at regjeringa har eit nasjonalt mål om å omstille både kvotepliktig og ikkje-kvotepliktig sektor, sjå nærmare omtale i Revidert nasjonalbudsjett 2022. Hensikta er at heile det norske næringslivet skal omstille seg i retning lågutsleppssamfunnet.

Regjeringa vil følgje opp målet om at Noreg skal vere klimanøytralt frå og med 2030, og medverke til at Noreg blir eit lågutsleppssamfunn i 2050. I august 2021 vart det nedsett eit offentleg utval som skal vise korleis Noreg kan bli eit lågutsleppssamfunn i 2050. Utvalet skal gjere ei heilskapleg utgreiing om vegvala Noreg står overfor for å nå klimamålet for 2050. Utvalet skal sjå på korleis utsleppsreduksjonar og omstillinga kan skje på ein mest mogleg kostnadseffektiv måte med effektiv ressursbruk og eit konkurransedyktig næringsliv. Omstillinga må òg medverke til ei utvikling som sikrar naturmangfaldet og eit berekraftig velferdssamfunn. Utvalet la i juni i år fram dei førebelse vurderingane sine og bad om innspel frå offentlegheita. Det skal levere rapporten sin innan 1. november 2023. Sjå nærmare omtale om utvalet i særskilt vedlegg Regjeringas klimastatus og -plan.

Klimamåla skal nåast, og økonomien må innrettast mot å bli stadig meir fornybar, sirkulær og berekraftig. Dei viktigaste verkemidla i norsk klimapolitikk er CO2-avgifta og EUs kvotesystem, som set ein pris på utslepp av klimagassar. Om lag 80 pst. av dei samla norske utsleppa er omfatta av desse verkemidla. Miljødirektoratet har ansvaret for kvotesystemet og den norske kvoterekneskapen under Kyotoprotokollen. Nærmare detaljar om CO2-avgifta står i Prop. 1 LS (2023–2024) Skatter, avgifter og toll 2024 frå Finansdepartementet.

I tillegg er andre verkemiddel viktige for å auke CO2-opptaket og redusere klimagassutsleppa, mellom anna direkte regulering, standardar, avtalar og tilskot til utsleppsreduserande tiltak. Klimagassutsleppa er mellom anna regulerte i forureiningslova, plan- og bygningslova og produktkontrollova med tilhøyrande forskrifter. Dei statlege planretningslinjene for samordna bustad-, areal- og transportplanlegging har mellom anna som mål at utbyggingsmønster og transportsystem skal fremje kompakte byar og tettstader og leggje til rette for klima- og miljøvennleg transport.

Regjeringa vil støtte utvikling og spreiing av nullutsleppsløysingar og medverke til å skape marknader for nullutsleppsteknologi. Enova er eit viktig verkemiddel i denne samanhengen og har som formål å medverke til å nå Noregs klimaforpliktingar og til omstillinga til lågutsleppssamfunnet.

Noregs forskingsråd har ei rekkje verkemiddel som medverkar til omstillinga til eit lågutsleppssamfunn. Ein stor del av innsatsen er innretta for å utvikle ny lågutsleppsteknologi, og Noregs forskingsråd, Innovasjon Noreg og Siva har både breie og tematiske ordningar som medverkar til å støtte opp om utviklinga av klimateknologi.

Det er sett ambisiøse måltal for å redusere klimagassutsleppa frå transportsektoren. For at Noreg skal nå desse måla, må bruken av null- og lågutsleppsløysingar i næringstransporten auke kraftig. Dette føreset tilgang på teknologisk modne løysingar i tilstrekkeleg omfang som kan takast i bruk i ulike delar av transportsektoren. Noreg er avhengig av både den globale utviklinga av kostnadseffektive null- og lågutsleppsteknologiar og eit raskt, storskala skifte til bruk av null- og lågutsleppstransport i Noreg. Norsk næringsliv har difor ei viktig rolle i å spørje etter og ta i bruk låg- og nullutsleppsteknologiar i transportsektoren etter kvart som dei blir tilgjengelege.

Det er ein ambisjon om å halvere utsleppa frå innanriks sjøfart og fiske innan 2030 og å stimulere til null- og lågutsleppsløysingar i alle fartøykategoriar. Regjeringa foreslår å føre vidare ordninga med øyremerkte midlar til innfasing av hurtigbåtar med null- og lågutsleppsløysingar i fylkeskommunale samband med ei ramme for nye tilsegner på 40 mill. kroner i 2024. Regjeringa foreslår òg å føre vidare satsinga på utvikling av nullutsleppsløysingar for store fartøy under Forskingsrådet.

Biodrivstoff er viktig for å erstatte fossilt drivstoff og redusere utsleppa frå eksisterande køyretøy og fartøy. Frå 1. januar 2024 aukar omsetningskravet for biodrivstoff i vegtrafikk til 19 volumprosent, med eit delkrav til avansert biodrivstoff på 12,5 pst. Regjeringa innførte eit omsetningskrav for skipsfart på 6 volumprosent frå 1. oktober 2023 og eit omsetningskrav for avansert biodrivstoff til ikkje-veggåande maskiner på 10 volumprosent frå 1. januar 2023. Eit eige omsetningskrav for 0,5 pst. avansert biodrivstoff til luftfart tok til å gjelde 1. januar 2020. Over tid har norsk bruk av biodrivstoff dreidd frå konvensjonelt biodrivstoff, laga på jordbruksprodukt, som også kan brukast til å produsere mat eller dyrefôr, mot avansert biodrivstoff laga av restar og biprodukt. Omtrent alt flytande biodrivstoff som blir brukt i Noreg i dag, er importert.

I juni 2019 inngjekk regjeringa Solberg og organisasjonane i jordbruket ein intensjonsavtale med mål om å redusere klimagassutsleppa og auke opptaket av karbon tilsvarande 5 mill. tonn CO2-ekvivalentar i perioden 2021–2030. Regjeringa Støre legg intensjonsavtalen til grunn for klimaarbeidet i jordbruket. Det er etablert ei rekneskapsgruppe som består av Norges Bondelag, Norsk Bonde- og Småbrukarlag og staten. Rekneskapsgruppa skal gjere opp status for framdrift og utvikling i arbeidet med å følgje opp avtalen. Gruppa blir leidd av Landbruks- og matdepartementet. Rapportane frå gruppa vil liggje til grunn for å vurdere om progresjonen og utviklinga er som føresette i avtalen.

Klimatilpassing

Klima- og miljødepartementet har ansvar for å leggje til rette for det heilskaplege arbeidet med klimatilpassing i regjeringa. Miljødirektoratet har sidan 2014 vore den fagetaten som støttar Klima- og miljødepartementet i dette arbeidet og koordinerer det heilskaplege klimatilpassingsarbeidet.

I juni 2023 la regjeringa fram ei ny stortingsmelding om klimatilpassing – Klima i endring – sammen for et klimarobust samfunn. Stortingsmeldinga presenterer innsats og tiltak for å førebu og tilpasse natur og samfunn til klimaendringane og skape eit klimarobust samfunn. Meldinga er tredelt. Del 1 beskriv klimaendringar og konsekvensar for natur og samfunn. Del 2 presenterer eit forbetra styringssystem for det nasjonale klimatilpassingsarbeidet, som legg rammene for auka innsats i sektorane og betre samordning. Del 3 er regjeringa sin plan for det nasjonale klimatilpassingsarbeidet dei neste fire åra, frå 2024 til 2028.

Midlane til klimatilpassing på Klima- og miljødepartementets budsjett blir vidareførte på same nivået som i 2023 under Miljødirektoratet. Sjå nærmare omtale av arbeidet med klimatilpassing i særskilt vedlegg Regjeringas klimastatus og -plan.

Nærmare om budsjettforslaget

Foreslått løyving knytt til programkategorien er på om lag 16,220 mrd. kroner i 2024. Tabellen under syner ein auke på 0,597 mrd. kroner tilsvarande 3,8 pst. samanlikna med saldert budsjett for 2023.

Budsjettmidlar til arbeidet med å betre kunnskapsgrunnlaget (overvaking, kartlegging og forsking) er omtalte under programkategori 12.10 Fellesoppgåver, forsking, internasjonalt arbeid m.m.

Utgifter under programkategori 12.20 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2022

Saldert budsjett 2023

Forslag 2024

Endring i pst.

1420

Miljødirektoratet

7 304 281

8 834 096

10 442 138

18,2

1422

Miljøvennleg skipsfart

41 119

42 448

45 140

6,3

1423

Radioaktiv forureining i det ytre miljø

35 968

37 650

39 667

5,4

1424

Senter mot marin forsøpling

40 300

55 449

-100,0

1425

Fisketiltak

15 248

17 465

16 686

-4,5

1428

Enova SF

5 736 706

6 636 183

5 661 669

-14,7

Sum kategori 12.20

13 173 622

15 623 291

16 205 300

3,7

Kap. 1420 Miljødirektoratet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2022

Saldert budsjett 2023

Forslag 2024

01

Driftsutgifter

771 078

767 880

862 670

21

Spesielle driftsutgifter

306 690

621 089

635 824

22

Statlege vassmiljøtiltak

280 229

23

Oppdrags- og gebyrrelatert verksemd, kan overførast

137 383

150 261

161 801

30

Statlege tileigningar, bevaring av viktige friluftslivsområde, kan overførast

19 144

21 309

23 054

31

Tiltak i verneområde og naturrestaurering, kan overførast

89 186

158 509

145 452

32

Statlege tileigningar, vern av naturområde, kan overførast

2 315

439 344

366 265

33

Statlege tileigningar, nytt landbasert vern, kan overførast

2 626

34

Statlege tileigningar, nasjonalparkar, kan overførast

9 940

35

Statlege tileigningar, skogvern, kan overførast

435 479

36

Statlege tileigningar, marint vern, kan overførast

4 158

37

Skogplanting, vidareføring av pilotprosjekt for stadeigne treslag, kan overførast

100

5 120

38

Restaurering av myr og anna våtmark, kan overførast

34 181

39

Oppryddingstiltak, kan overførast, kan nyttast under postane 69 og 79

-150

12 483

8 645

60

Tilskot for å vareta naturmangfald i kommuneplanlegging, kan overførast

2 726

3 026

3 226

61

Tilskot til klimatiltak og klimatilpassing, kan overførast

145 864

296 528

163 800

62

Tilskot til grøn skipsfart, kan overførast

47 188

40 523

56 625

63

Returordning for kasserte fritidsbåtar

319

340

64

Skrantesjukeprøver frå fallvilt

1 275

1 200

1 279

66

Tilskot til kommunar for å betre tilgangen til strandsona langs Oslofjorden, kan overførast

1 938

3 000

3 199

69

Oppryddingstiltak, kan overførast, kan nyttast under postane 39 og 79

74 713

138 762

45 632

70

Tilskot til vassmiljøtiltak, kan overførast

62 486

71

Marin forsøpling, kan overførast

50 858

27 363

72

Erstatning for beitedyr tekne av rovvilt, overslagsløyving

140 554

148 878

148 878

73

Tilskot til rovvilttiltak, kan overførast

82 788

64 751

73 898

74

CO2-kompensasjonsordning for industrien

3 540 707

4 710 000

6 446 997

75

Utbetaling for vrakpant til køyretøy og tilskot til kassering av fritidsbåtar, overslagsløyving

444 871

528 000

466 350

76

Refusjonsordningar, overslagsløyving

210 084

267 500

247 800

77

Ymse organisasjonar og stiftelsar m.m.

16 843

14 357

15 276

78

Friluftslivsformål, kan overførast

183 051

192 299

205 896

79

Oppryddingstiltak, kan overførast, kan nyttast under postane 39 og 69

120

462

492

80

Tilskot til tiltak for å ta vare på natur, kan overførast

127 364

144 942

81

Verdiskaping basert på naturarven, kan overførast

65 144

12 400

13 192

82

Tilskot til trua artar og naturtypar, kan overførast

44 875

83

Tilskot til tiltak mot framande artar, kan overførast

4 218

84

Internasjonalt samarbeid

5 659

5 971

8 753

85

Besøkssenter for natur og verdensarv, kan overførast

85 960

102 761

107 135

86

Frivillige klima- og miljøorganisasjonar og klima- og miljøstiftelsar

57 354

Sum kap. 1420

7 304 281

8 834 096

10 442 138

Midlane under budsjettkapittelet er retta mot alle resultatområde med unntak for resultatområda Kulturminne og kulturmiljø og for Polarområda.

Miljødirektoratets rolle og oppgåver

Miljødirektoratet er Klima- og miljødepartementets sentrale rådgjevande og utøvande fagorgan innan klima, naturmangfald, forureining, friluftsliv og polarområda. Hovudoppgåvene er å redusere klimagassutslepp, ta vare på naturmangfaldet og sikre den naturlege produksjonsevna, hindre forureining og leggje til rette for friluftsliv. Dette inneber mellom anna å leggje til rette for å ta vare på naturen, berekraftig bruk og verdiskaping.

Omsynet til miljø og berekraftig utvikling og dei nasjonale klima- og miljømåla gjev hovudramma for arbeidet i Miljødirektoratet. Funksjonane til etaten er å skaffe og formidle miljøinformasjon, utøve forvaltningsmynde, styre og rettleie regionalt og kommunalt nivå, gje faglege råd og delta i internasjonalt miljøarbeid. Direktoratet har eit sektorovergripande ansvar i alle funksjonane.

Arbeidet som Miljødirektoratet utfører, er ein føresetnad for å få gjennomført nasjonal klima- og miljøpolitikk og å få sett i verk konkrete tiltak nasjonalt, regionalt og lokalt.

Europas grøne giv inneber ei omfattande politikk- og regelverksutvikling på fleire område som Miljødirektoratet har ansvaret for, mellom anna klima, kjemikaliar, avløp, industri og sirkulær økonomi, og utgjer dermed ei viktig ramme for Miljødirektoratets arbeid i tida framover.

På klimaområdet arbeider Miljødirektoratet mellom anna med tiltaksanalysar for reduksjon i klimagassutslepp, utvikling og rapportering av klimagassrekneskapen til FN, utvikling og rapportering av klimagassrekneskapen for kommunar, utsleppsreduksjon og omstilling til lågutsleppssamfunnet i kommunar og fylkeskommunar, overvaking av klimaendringar og verknader av klimaendringar på naturmangfaldet. Direktoratet deltek i dei internasjonale forhandlingane under klimakonvensjonen, særleg med spørsmål knytte til utsleppsrapportering, kvoteregisteret, forsking og overvaking. Vidare er direktoratet Noregs nasjonale kontaktpunkt for FNs klimapanel og koordinerer alle prosessar knytte til arbeidet klimapanelet gjer. Miljødirektoratet er også nasjonalt kontaktpunkt for FNs internasjonale ressurspanel (IRP). Dei lagar mellom anna rapportar om korleis ei meir berekraftig forvaltning av naturressursar kan bidra til å redusere klimagassutslepp.

Klima- og miljødepartementet har ansvaret for å leggje til rette for det heilskaplege arbeidet til regjeringa med klimatilpassing, og Miljødirektoratet er fagetaten til departementet på dette området. Direktoratet støttar departementet i oppfølginga av stortingsmeldinga om klimatilpassing, medverkar til at arbeidet til regjeringa på området blir følgt opp av forvaltninga og i samfunnet, og støttar departementet i det internasjonale arbeidet med klimatilpassing under dette i klimaforhandlingane.

På naturforvaltningsområdet arbeider Miljødirektoratet mellom anna med å sikre ei kunnskapsbasert forvaltning der økosystema har god tilstand og leverer økosystemtenester, etablering og forvaltning av verneområde, naturrestaurering og forvaltning av trua artar og naturtypar, under dette forvaltning av prioriterte artar og utvalde naturtypar og følgje opp oppfølgingsplanen for trua natur og tiltaksplan for ville pollinerande insekt. Andre viktige oppgåver er forvaltning av rovvilt, vassforvaltning, heilskapleg havforvaltning, marin naturforvaltning og forvaltning av villaks, innlandsfisk og villrein. På Svalbard har Miljødirektoratet ei viktig rolle for å sikre at kunnskapsgrunnlag, natur- og artsforvaltning er tilpassa effektar av klimaendringar. På same måten som på klimaområdet deltek etaten i dei internasjonale forhandlingane under konvensjon om biologisk mangfald. Direktoratet er Noregs nasjonale kontaktpunkt for Det internasjonale naturpanelet (IPBES) og koordinerer alle prosessar knytte til Naturpanelets arbeid. Ei teknisk støtteeining for kapasitetsbygging er etablert i Miljødirektoratet.

Etaten medverkar vidare til at det blir teke omsyn til langsiktig disponering av naturressursane i arealplanlegging etter plan- og bygningslova.

Statens naturoppsyn er ein del av Miljødirektoratet og har med heimel i lov om statleg naturoppsyn ansvar for å føre tilsyn med naturtilstanden, ha oppsyn med at reglane i miljølovgjevinga blir følgde, og avdekkje og førebyggje miljøkriminalitet. Statens naturoppsyn er òg kompetansemiljø for gjennomføring av skjøtsels- og tilretteleggingstiltak i verneområda.

Tilrettelegging for friluftsliv, motivering av befolkninga til å drive med friluftsliv og sikring og forvaltning av friluftslivsområde er òg viktige oppgåver for Miljødirektoratet.

Miljødirektoratet samordnar det sektorovergripande arbeidet på forureiningsområdet og samarbeider med sektorane om faktagrunnlag, analysar og vidareutvikling av tiltak og verkemiddel. Viktige oppgåver på forureiningsområdet er arbeidet med å redusere marin forsøpling og mikroplast, redusere og førebyggje bruk av helse- og miljøfarlege kjemikaliar, reinske opp i forureina sjøbotn og forureina grunn, hindre forureining i vassdrag og langs kysten, førebyggje og hindre oljeforureining, redusere luftforureiningar og sikre berekraftige, sirkulære produkt og verdikjeder og auke ressursutnyttinga og redusere miljøproblem frå avfall. Direktoratet er aktivt involvert i internasjonalt samarbeid på desse områda. Etaten har vidare ansvar for å gjennomføre risikobaserte tilsyn.

Miljødirektoratet har rolla som nasjonalt samordningsorgan for miljødata og ansvar for å samle miljødata på tvers av sektorar til Miljøstatus.no. Miljødirektoratet har brei oversikt over naturtilstand og forureining i Noreg og formidlar dette til resten av miljøforvaltninga, andre sektorar og allmenta mellom anna gjennom Miljøstatus.no.

Etaten har òg fagleg instruksjonsmynde overfor miljøvernavdelingane hos statsforvaltarane og hos Sysselmeisteren på Svalbard.

Post 01 Driftsutgifter

Midlane under posten er retta mot resultatområda Naturmangfald, Friluftsliv, Forureining og Klima.

Posten dekkjer lønns- og driftsutgifter til verksemda ved Miljødirektoratets hovudkontor i Trondheim, kontoret i Oslo og Statens naturoppsyn i heile landet. Meir spesifikt dekkjer posten lønn til fast og mellombels tilsette, husleige, reiser, IKT-utgifter, informasjon, formidling og drift av miljøinformasjonssystem og ulike nettstader. Posten dekkjer òg drift av CO2-kompensasjonsordninga og Klimasatsordninga (klimatiltak og klimatilpassing). For ei vidare utgreiing om kva slags formål løyvinga går til, viser vi til omtalen under «Miljødirektoratets rolle og oppgåver» over. Utgifter knytte til felles administrative tenester i miljøforvaltninga og oppdrag som Statens naturoppsyn utfører for andre, mellom anna Statskog, er dekte av posten. Inntektene for desse er førte under kap. 4420, post 01. Utgifter finansierte av overføringar til ulike formål frå andre blir også førte på posten.

Posten er samla sett auka med 94,8 mill. kroner til 862,7 mill. kroner. Det er lagt inn 31,4 mill. kroner til å dekkje kostnadene ved lønnsoppgjeret i staten i 2024 og i tillegg ei samla prisjustering på 10,1 mill. kroner. Senter mot marin forsøpling blir lagt inn under Miljødirektoratet frå 1. jaunar 2024, og i den samanheng er 24,6 mill. kroner flytta frå nedlagt kap. 1424, post 01.

Vidare er posten auka med 10 mill. kroner for å finansiere høgare driftskostnader knytte til auka arbeidsmengd som følgje av Europas grøne giv, særleg til «Klar for 55»-regelverket og arbeidet med meir berekraftige produkt og verdikjeder. Til same formålet vart det lagt inn 15 mill. kroner i 2023-budsjettet, slik at samla auke til Europas grøne giv med dette kjem opp i 25 mill. kroner. Dei 10 mill. kronene er omdisponerte frå midlar som i 2023 vart brukte til gyrobehandling av Drivavassdraget mot lakseparasitten Gyrodactylus salaris.

Posten er dessutan auka med 10 mill. kroner for å finansiere nyoppretta stillingar i Statens naturoppsyn i Nordland og i Troms og Finnmark. Stillingane skal primært bidra til å auke kapasiteten hos naturoppsynet til bestandsovervaking av rovvilt og skadedokumentasjon i regionen.

For å redusere konsulentinnleige innanfor IKT er det frå kap. 1420, post 21, flytta 10 mill. kroner for at direktoratet kan tilsetje eigne IKT-folk og samstundes redusere sårbarheita gjennom å bli mindre avhengig av eksterne kompetanse.

I samband med at Miljødirektoratet skal utføre arkivtenester for dei andre etatane i miljøforvaltninga, er det flytta til saman 4 mill. kroner frå Norsk Polarinstitutt, Kulturminnefondet, Meteorologisk institutt og Artsdatabanken.

Løyvinga er redusert med 4 mill. kroner knytt til inntektspost 01 under kap. 4420, ettersom dei nemnde etatane ikkje lenger betaler direktoratet på ordinært vis for desse tenestene. Posten er elles auka med 1 mill. kroner som følgje av forventa inntekter under kap. 4420, nyoppretta post 85. Posten er også redusert med 2,3 mill. kroner som er flytta til kap. 1605, post 01, under Direktoratet for økonomiforvaltning, for kjøp av rekneskapstenester frå dei.

Av løyvinga er 1,2 mill. kroner finansierte av fiskaravgifter som blir inntektsførte i Statens fiskefond. Fondet overfører midlar til inntektssida i statsbudsjettet over kap. 5578, post 72. Midlane dekkjer Miljødirektoratets utgifter knytte til forvaltning av fondet og saksbehandling og forvaltning av tilskotsordningar for fisketiltak under kap. 1425, post 70.

På same viset er 3,281 mill. kroner av løyvinga finansierte av jeger- og fellingsavgifter som blir inntektsførte i Viltfondet. Viltfondet overfører midlar til inntektssida i statsbudsjettet over kap. 5576, post 72, under Landbruks- og matdepartementet. Midlane dekkjer utgifter knytte til Miljødirektoratets forvaltning av fondet og saksbehandling og forvaltning av tilskotsordningar for vilttiltak under kap. 1140, post 71.

Løyvinga kan overskridast mot tilsvarande meirinntekt under kap. 4420, post 01, 50 og 85.

Rapport 2022

Av rekneskapsførte utgifter i 2022 vart om lag 77 pst. nytta til lønn. Resten gjekk til husleige, energi, drift og vedlikehald av IKT, reiseutgifter og kompetanse- og organisasjonsutvikling.

Post 21 Spesielle driftsutgifter

Løyvinga på denne posten dekkjer utgifter til nødvendige tenestekjøp, utgreiingar, planlegging og gjennomføring av tiltak og prosjekt på alle resultatområda. Posten dekkjer òg kostnader til digitalisering og drift av operative digitale løysingar og andre utgifter som ikkje blir dekte over post 01. Vidare dekkjer posten drift av ulike styre, nemnder og utval i tillegg til langsiktige avtalar Miljødirektoratet har med andre statlege instansar. I posten inngår også midlar som statsforvalterane nyttar til ulike oppgåver innanfor Miljødirektoratets ansvarsområde.

Lønn til tilsette som er knytte til tidsavgrensa faglege prosjekt, kan òg førast over posten.

Posten dekkjer heile ansvarsområdet til Miljødirektoratet, og for ei vidare utgreiing om kva slags formål løyvinga går til, viser vi til omtalen lenger ned i teksten.

Posten er samla sett auka med 14,7 mill. kroner, og foreslått løyving er 635,8 mill. kroner. Det er lagt inn ei samla prisjustering på 37,3 mill. kroner.

Posten er auka med 10 mill. kroner til utvikling av naturrekneskapen.

Til posten er det flytta 4 mill. kroner frå post 31 til tiltaks- og driftsmidlar for nasjonalpark- og verneområdestyra med den grunngjevinga at midlane primært er driftsutgifter, ikkje investeringar. Frå og med 2024 vil midlane bli fordelte styra etter eigen fordelingsnøkkel.

Frå kap. 1420, post 39, er det flytta 3,6 mill. kroner til styrking av statsforvaltarane i arbeidet med marin forsøpling. Frå kap. 1400, post 21, er det flytta 1,25 mill. kroner til arbeid med verkemiddel mot plastforureining. Senter mot marin forsøpling blir lagt inn under Miljødirektoratet frå 1. januar 2024, og i den samanheng er 1,1 mill. kroner flytta frå nedlagt kap. 1424, post 21.

Det er lagt inn 1 mill. kroner til bruk på prosjekt innan naturområdet. Frå kap. 1420, post 32, er det flytta 0,9 mill. kroner av overskot på midlane til nasjonalparkerstatningar.

For å redusere konsulentinnleige innanfor IKT er det frå kap. 1420, post 21, til post 01 flytta 10 mill. kroner for at direktoratet kan tilsetje eigne IKT-folk og samstundes redusere sårbarheita gjennom å bli mindre avhengig av eksterne kompetanse.

Til post 01 er det også flytta 10 mill. kroner til å møte auka arbeidsmengd som følgje av Europas grøne giv, særleg til «Klar for 55»-regelverket og arbeidet med meir berekraftige produkt og verdikjeder. Til kap. 1410, post , er det flytta 3 mill. kroner til styrking av kunnskapsgrunnlaget innan miljø. Desse og midlane til Europas grøne giv er tekne frå midlar som i 2023 vart brukte til gyrobehandling av Drivavassdraget mot lakseparasitten Gyrodactylus salaris. Dei resterande 8,3 mill. kroner brukte til gyrobehandlinga i 2023 er flytta til ulike formål under andre postar under kap. 1420.

Det er flytta 5 mill. kroner til kap. 1410 av midlar som i 2023-budsjettet vart omdisponerte derifrå til tiltak mot pukkellaks under kap. 1420, post 21.

Til Statsforvaltaranes budsjett på kap. 525, post 01, under Kommunal- og distriktsdepartementet er det flytta 3,9 mill. kroner i lønns- og driftsutgifter for tre verneområdeforvaltarar som er tilsette hos dei i 2023.

Det er teke ut 2 mill. kroner i ekstra midlar til statsforvaltarane i Troms og Finnmark for å styrkje rettleiinga om motorferdsel i kommunane som har stått inne i fire år.

Til Noregs forskingsråd under kap. 285, post 55, er det flytta 1 mill. kroner til finansiering av fagfellevurdering av fagsystemet for økologisk tilstand.

Det er teke ut 1 mill. kroner frå posten i samband med stortingsmeldinga om miljøkriminalitet (Meld. St. 19 (2019–2020)) etter at det i 2021-budsjettet vart lagt inn 3 mill. kroner til oppfølging av denne. Det er flytta 0,2 mill. kroner til post 84 for tilskot til norsk ekspertdeltaking i FNs miljøprogram. Det er flytta 0,1 mill. kroner til kap. 1400, post 71, i kontingent til oppfølging av rovfuglavtalen under Bonn-konvensjonen.

Det ligg inne 0,5 mill. kroner i prosesskostnader ved sal av friluftseigedommar, jf. løyvingsforslag under kap. 4420, ny post 40.

Innanfor post 21 er det til kalkingsformål ført tilbake 5 mill. kroner frå tiltak for anadrom laksefisk som i 2023-budsjettet vart omdisponerte for tiltak mot pukkellaks. Innanfor vassmiljøtiltak er det i 2024 dermed sett av 78,6 mill. kroner til kalking, 135 mill. kroner til anadrom laksefisk og 75,4 mill. kroner til vassforvaltning.

Omtale av nokre av formåla som posten dekkjer (ikkje uttømmande)

Posten finansierer oppgåver innanfor resultatområda Naturmangfald, Kulturminne og kulturmiljø, Friluftsliv, Forureining, Klima, Polarområda.

Posten finansierer fleire av oppgåvene direktoratet har innan klima. Dette gjeld til dømes arbeid knytt til utvikling og drift av utsleppsrekneskapen for klimagassar og langtransportert luftforureining, utgreiing for å støtte etaten i arbeidet med tiltak for auka opptak og reduserte klimagassutslepp og kortliva klimadrivarar, for å møte norske forpliktingar, utvikling av verktøy for lokal klima- og energiplanlegging og utvikling av verktøy for å rekne ut lokal luftkvalitet. Posten dekkjer òg finansiering av ulike oppgåver innan klimatilpassing, til dømes støtte til Klimaservicesenteret og andre tiltak for auka kunnskap og kompetanse.

Posten dekkjer kostnader med prosess og utgreiingar for gjennomføring av vern som Stortinget har slutta seg til, inkludert delar av utgiftene hos aktuelle statsforvaltarar. I tillegg dekkjer posten kostnader til nasjonalparkstyre og tilsynsutval, utarbeiding av forvaltningsplanar inkludert besøksstrategiar, planarbeid ved restaurering av naturtypar på land inkludert myr og anna våtmark, ved uttak av framande treslag i verneområde og innføringa av merkevara Noregs nasjonalparkar.

Ein del av tenestekjøpa av oppsynsoppgåver som Statens naturoppsyn gjer hos fjellstyra og Statskog fjelltjenesten, blir dekt over posten. Posten dekkjer òg forsterka motorferdselsoppsyn, ymse utgifter knytte til nasjonal koordinering av Skjærgårdstjenesten og utgifter knytte til arbeidet med ferdselsåreprosjektet.

I samband med forvaltning av rovvilt dekkjer posten drift av dei regionale rovviltnemndene og sekretariata. Posten dekkjer òg midlar til tenestekjøp i regi av direktoratet og rovviltnemndene. Vidare dekkjer posten oppfølging og drift av kvalitetsnorma for villrein og arbeidet med utvikling av tiltaksplanar for villreinområde som ikkje har god nok kvalitet.

Posten dekkjer utarbeiding og oppfølging av avgjerdsgrunnlag og handlingsplanar for trua artar og naturtypar. Midlane blir òg nytta til tenestekjøp knytte til planlegging og gjennomføring av tiltak i statleg regi for å ta vare på trua artar og naturtypar. Slike tiltak kan til dømes vere aktiv skjøtsel, biotopforbetrande tiltak og fjerning av framande skadelege organismar. Posten dekkjer vidare utgifter knytte til Naturindeks for Noreg og til etablering av fagsystem for økologisk tilstand og gjennomføring av vurdering av økologisk tilstand.

Vidare dekkjer posten ulike vassmiljøtiltak, til dømes tiltak som er omtalte i revidert handlingsplan for kalking for perioden 2022–2026, irekna kalking i laksevassdrag, innsjøar og bekker. Midlane dekkjer tiltak, forsking og utvikling knytte til forvaltning av viltlevande anadrom laksefisk, inkludert tiltak mot pukkellaks og til bevaring i genbank. I tillegg dekkjer midlane arbeid med heilskapleg vassforvaltning etter vassforskrifta og anna arbeid med generell vassforvaltning, mellom anna utvikling av klassifiseringssystem og midlar til vassregionstyresmaktene og arbeidet i vassområda. Her ligg òg oppfølging av Nasjonal strategi for restaurering av vassdrag 2021–2030, arbeid med å hindre ureining til vassdrag frå jordbruket, arbeidet med å redusere utslepp frå kommunalt avløp til Oslofjorden og oppfølging av Helhetlig tiltaksplan for en ren og rik Oslofjord med et aktivt friluftsliv.

Av dei 6,5 mill. kronene som i 2023 vart sette av til arbeidet med å redusere utslepp frå kommunalt avløp til Oslofjorden, er 5 mill. kroner brukte til å styrkje saksbehandlar-kapasiteten innan fagfeltet hos statsforvaltarane og Miljødirektoratet. 1,5 mill. kroner er brukte til utgreiing av verkemiddel og insentiv for å få fleire kommunar til å samarbeide på avløpsområdet. Utgreiinga skal vere ferdig i løpet av 2023. Desse midlane vil frå 2024 bli brukte til å styrkje kapasiteten hos Miljødirektoratet ytterlegare.

Fagsystem for nasjonal styring og rapportering, driftsutgiftene til direktoratet i oppfølginga av internasjonale konvensjonar og arbeid knytt til det internasjonale naturpanelet (IPBES) og FNs klimapanel (IPCC) blir dekte av posten. Avtalen med Vitskapskomiteen for mat og miljø om risikovurderingar knytte til framande organismar, genmodifiserte organismar, internasjonal handel med trua artar og mikroorganismar blir òg dekt over posten.

Posten blir brukt til kjøp av spisskompetanse for å vurdere helse- og miljøfare ved stoff som Noreg foreslår for reguleringar i EU og globalt. Han blir òg brukt til å få fram betre kunnskap om ulike kjelder til spreiing av miljøgifter som eit ledd i å nå dei nasjonale måla på miljøgiftområdet og til å sikre eit brukarvennleg elektronisk system for deklarering av kjemikaliar til Produktregisteret. Midlar frå posten går òg til å sikre eit godt kunnskapsgrunnlag for å følgje opp arbeidet med plast i havet.

På avfallsområdet dekkjer posten utgifter til utgreiingar og til å utvikle og drifte refusjonssystemet for spillolje. Vidare dekkjer posten utgifter direktoratet eventuelt får ved å måtte fjerne eigarlaust farleg avfall, farleg avfall frå konkursbu, farleg avfall som eigaren ikkje klarer å ta hand om på ein forsvarleg måte, eller andre typar avfall som må fjernast raskt, til dømes som følgje av luktproblem, jf. forureiningslova §§ 74 og 76.

Rapport 2022

Midlane på posten vart i fjor nytta til tiltak knytte til utgreiingar og forvaltningstiltak innanfor alle resultatområda som Miljødirektoratet har ansvar for. I tillegg vart det nytta midlar til utvikling av digitale løysingar og drift av ulike styre og nemnder.

Ein del av midlane er òg nytta til kjøp av naturoppsynstenester. Meir enn ein fjerdedel av løyvinga på posten vart fordelt vidare til statsforvaltarane til bruk i dei enkelte fylka.

Post 22 Statlege vassmiljøtiltak

(i 1 000 kr)

Underpost

Nemning

Rekneskap 2022

Saldert budsjett 2023

Forslag 2024

22.1

Kalking

73 633

22.2

Anadrome laksefisk

147 008

22.3

Generell vassforvaltning

59 588

Sum post 22

280 229

Posten vart i 2023-budsjettet lagd ned og midlane i hovudsak flytta til post 21.

Rapport 2022

Miljødirektoratet og statsforvaltaren brukte 280 mill. kroner til ulike statlege vassmiljøtiltak i 2022. Om lag 26 pst. av midlane har vore nytta til kalking av vassdrag. Om lag 53 pst. har vore nytta til forvaltning av og tiltak for å ta vare på anadrom laksefisk, inkludert tiltak mot lakseparasitten Gyrodactylus salaris. Om lag 21 pst. av midlane er nytta til generell vassforvaltning.

Kalking

Kalking av forsura laksevassdrag og kalking av forsura innsjøar og bekker (innlandsvassdrag) er gjennomført i tråd med handlingsplanen for kalking av vassdrag 2022–2026, og 24 lakseførande elvar er kalka. Kalkingsaktiviteten er tilpassa forsuringsforholda (optimalisering), ein sentral del av arbeidet for å gjere kalkinga så målretta og effektiv som mogleg.

I dei elvane der laksen har gått tapt på grunn av sur nedbør, er det etablert nye laksestammar. Det har vore godt laksefiske i mange av dei kalka elvane, med ein årleg totalfangst på 40–60 tonn (12–15 pst. av all laks fanga i norske elvar).

I dag reknar ein med at det enno er om lag 5 pst. av arealet i Noreg som er skadd av forsuring, og fram mot 2030 er det berre venta små betringar i forsuringssituasjonen. Det er i stor grad dei internasjonale forpliktingane i utsleppsavgrensande avtalar (Göteborgprotokollen) som avgjer utviklinga framover, i tillegg til tida det tek med naturleg biologisk og kjemisk gjenhenting for å oppnå tilstrekkeleg betring i vasskvalitet.

Anadrom laksefisk

Førstegongs behandling med klor som hovudkjemikalie mot Gyrodactylus salaris vart gjennomført i Driva etter planen. Drifta av fiskesperra i Driva, mellom anna oppflytting av sjøaure, held fram. Genbankarbeidet er framleis omfattande som følgje av at mange bestandar er tekne vare på og under reetablering i vente på, eller etter, nedkjempingstiltak mot Gyrodactylus salaris. Løyvinga er òg brukt til arbeidet med å følgje opp ny avtale om forvaltning av Tanavassdraget. Tiltak mot pukkellaks i 2022 vart førebudd mellom anna med utprøving av feller som planlagt.

Generell vassforvaltning

Den viktigaste milepålen for vassforvaltninga i 2022 var departementa si sentrale godkjenning av dei regionale vassforvaltningsplanane. Planane skal bidra til at Noreg i større grad når vassmiljømåla fram mot 2027 og vidare fram mot 2033. Nytt i 2022 var òg Direktoratsgruppa for vannforvaltning si einstemmige tilråding til godkjenninga. Samarbeidet og samordninga mellom sektorane er avgjerande både for tilrådinga i seg sjølv, men òg for det vidare arbeidet med gjennomføringa av planene i åra som kjem. Kunnskapsgrunnlaget for vassforvaltninga og utviklinga av klassifiseringssystemet for ferskvatn og kystvatn vart vidareførte. Kunnskapen om eutrofi har auka og syner at eutrofi er meir utbreidd enn ein tidlegare gjekk ut frå. Eutrofi skjer mellom anna når næring frå menneskeleg aktivitet, som frå jordbruk og avløp, renn ut i bekker og anna vatn og endrar næringsinnhaldet og dermed levekåra der. Arbeidet med restaurering av vassdrag heldt fram i 2022 òg, og innsatsen på området fell saman med FNs tiår for restaurering av natur fram mot 2030. Målet med satsinga er å auke mengda restaurerte vassførekomstar, betre kunnskaps- og erfaringsutveksling og sikre nødvendig samarbeid og koordinering av restaureringa av vassdrag. Ein strategisk plan for restaurering av vassdrag for perioden 2021–2030 er utarbeidd og godkjend, og ein handlingsplan for restaurering er under utarbeiding.

Arbeid med Helhetlig tiltaksplan for en ren og rik Oslofjord med et aktivt friluftsliv ligg òg under denne posten. Rapporten Gjennomføring av helhetlig tiltaksplan for Oslofjorden: Rapport for året 2021–2022 syner at det er langt igjen til å nå miljømåla for Oslofjorden, men at fleire innsatsområde har fått eit løft.

Løyvinga er òg brukt til å utarbeide forslag til forvaltningsstrategi knytt til storauretiltak og tiltak og innhenting av kunnskap knytt til krypsiv.

Post 23 Oppdrags- og gebyrrelatert verksemd, kan overførast

Løyvinga er knytt til utgifter som direktoratet har ved gebyrfinansiert verksemd, og til utgifter ved oppdrag finansierte frå andre instansar. Midlane er retta mot resultatområda Naturmangfald, Forureining og Klima.

Posten er samla sett auka med 11,5 mill. kroner til 161,8 mill. kroner, der 9,8 mill. kroner er prisjustering.

Med heimel i fleire forskrifter utfører direktoratet oppgåver som er gebyrfinansierte i samsvar med prinsippet om at forureinaren betaler. Inntektene til desse gebyra er førte under kap. 4420, post 04. Post 23 er auka med 1,7 mill. kroner grunna auka inntekter under kap. 4420, post 04, jf. nærmare omtale under denne.

På same viset utfører statsforvaltarane oppgåver i samband med konsesjonsbehandling og kontroll etter forureiningslova. Gebyrinntekter for dette arbeidet er førte under kap. 4420, post 06. Inntektene blir tilbakeførte til statsforvaltarane.

Til utgiftene ved kontroll og verifisering av klimautsleppa til kvotepliktige verksemder er det i samsvar med EU-reglane knytt gebyr, som er førte under kap. 4420, post 07.

Posten dekkjer òg utgifter ved internasjonale oppdrag som direktoratet får refunderte over kap. 4420, post 09, hovudsakleg frå andre statsinstansar.

Løyvinga på posten kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under kap. 4420, postane 04, 06 og 09, jf. forslag til vedtak II.

Rapport 2022

Posten vart nytta til lønn og driftskostnader knytte til gebyrordningane som er nemnde over. Om lag 40 mill. kroner av midlane vart i 2022 nytta av statsforvaltarar, knytt til gebyrfinansierte tiltak på forureiningsområdet. Posten vart også belasta med lønn og direkte kostnader knytte til oppdragsfinansiert internasjonal aktivitet.

Post 30 Statlege tileigningar, bevaring av viktige friluftslivsområde, kan overførast

Midlane på posten er retta mot resultatområdet Friluftsliv. Midlane blir nytta til å vareta viktige friluftslivsområde, anten ved offentleg erverv eller ved avtale om varig bruksrett (servituttavtale med grunneigar). Foreslått løyving er 23,1 mill. kroner, ein auke på 1,7 mill. kroner frå 2023 som kjem av prisjustering.

Kommunane og dei interkommunale friluftsråda kan søkje Miljødirektoratet om økonomisk medverknad til å bevare viktige friluftslivsområde gjennom sikring. Miljødirektoratet kan òg i samarbeid med kommunane overta friluftslivsareal frå andre statlege etatar som ikkje lenger har behov for desse i verksemda si. I tillegg kan kommunale friluftslivsområde vederlagsfritt gjerast om til sikra friluftslivsområde. Slike område blir tinglyste som sikra friluftslivsområde.

Midlane på posten kan òg nyttast til grunnleggjande istandsetjingstiltak i samband med at nye område blir sikra. Midlane på posten kan òg nyttast til istandsetjing av statleg eigde bygningar på dei sikra områda, inkludert utarbeiding av forvaltningsplanar og istandsetjing av freda og verna bygningar på sikra område.

For friluftsområde med nasjonal og regional bruk kan staten medverke med inntil 100 pst. av kostnadene, og for område med i hovudsak lokal bruk kan staten medverke med inntil 50 pst. av kostnadene. Område som er prioriterte i arbeidet med å bevare viktige friluftslivsområde, er friluftsområde i og ved bustadtette område, landfaste område i kystsona som har lite tilgjengeleg strandsone og stort press på areala, og sentrale område ved innlandsvassdrag.

Løyvinga kan normalt ikkje nyttast til å kjøpe bygningar. Unntak frå dette er bygningar som anten skal rivast eller nyttast i friluftslivssamanheng i området.

Midlane på posten kan òg dekkje utgifter knytte til dei sikra områda, til dømes grenseoppgangar, frådelingar og tinglysingar. Investeringsmidlane blir utbetalte når Miljødirektoratet har motteke formell dokumentasjon på at heimel eller rett er overført, og at vilkåra til staten er oppfylte.

Det er behov for ei tilsegnsfullmakt på 45 mill. kroner, jf. forslag til vedtak VI.

Løyvinga på posten kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter knytte til sal av eigedom og innløysing av festetomter i statleg sikra friluftsområde under kap. 4420, post 40, jf. forslag til vedtak II.

Rapport 2022

Det vart i 2022 sikra 36 nye friluftslivsområde med midlar frå posten. To tredjedelar av områda kan definerast som nærområde til bustadområde. Områda som vart sikra i 2022, ligg i ni ulike fylke. Områda gjev allmenta tilgang til flotte naturopplevingar og fysisk aktivitet. Døme på område og formål er

  • Botnasanden i Volda kommune – sikring og istandsetjing av eit populært og lett tilgjengeleg friluftslivsområde med badeplass ved Rotevatnet nær Volda sentrum

  • Skarvøy og Pariserholmene i Askøy kommune – sikring og istandsetjing av eit militærhistorisk landskap som eit regionalt friluftslivsområde. Samarbeid mellom Askøy kommune, Bergen og omland friluftsråd, Miljødirektoratet og Forsvarsbygg. Opplevingsrikt og godt tilrettelagt område som er lett å komme til med kajakk og småbåt innaskjers i Herdlefjorden.

  • Mellom-Ros i Våler kommune – sikring av regional badeplass og turmål/utsetjingsstad for kajakk og båtar ved Rosefjorden i Vansjø

Det blir framleis sikra mange friluftslivsområde nær bustadområde. Desse områda har jamt over høgare sikringskostnader enn område utanfor bustadområda. Både kommunar og interkommunale friluftsråd har initiert sikringsprosessane og vil stå for vidare drift og tilsyn i områda framover. For fleire av desse områda har statleg medverknad vore heilt avgjerande for at dei har blitt sette i stand og tilgjengelege for allmenta.

I tillegg til å gjennomføre sikringssaker søkte kommunar og friluftsråd om statleg medverknad til å sikre nye område, og tilsegn om statleg medverknad til 28 nye område vart innvilga i 2022. Kommunane og friluftsråda arbeider no med å gjennomføre sikring av desse områda og med tilrettelegging av areala.

Post 31 Tiltak i verneområde og naturrestaurering, kan overførast

Posten er retta mot resultatområda Naturmangfald og Klima. Midlane dekkjer statlege investeringsutgifter i verneområde og nærområde til verneområde. Midlane går til tiltak som er nødvendige for å ta vare på verneverdiane, og til utgreiingar som er nødvendige før tiltak, informasjonstiltak og skjøtsels- og tilretteleggingstiltak.

Skjøtselstiltak blir sette inn for å betre naturtilstanden og for å sikre at viktige naturtypar og artar ikkje går tapt.

Tilretteleggingstiltaka omfattar opparbeiding av stiar, klopping og merking for å betre tilgjenget i verneområda og samstundes styre ferdselen i og rundt sårbar natur. Informasjonstiltak i alle typar av verneområde blir utarbeidde i samband med merkevara for Noregs nasjonalparkar.

Alle tiltak i verneområde skal prioriterast i tråd med Miljødirektoratet sin Strategi for bruk av midler til tiltak i verneområder (2020–2025) og skal i utgangspunktet vere forankra i godkjend forvaltningsplan, skjøtselsplan eller besøksstrategi.

Posten skal vidare nyttast til å restaurere natur som har blitt ringare, i økosystem som våtmark, skog, fjell, kulturlandskap, opent lågland og elvar og innsjøar, også utanom vernegrensene. Vi er no inne i FNs tiår for naturrestaurering (2021–2030). Restaurering er nødvendig for å stoppe tapet av naturmangfald og under dette verknader av klimaendringar. Restaurering av myr kan i tillegg sikre store karbonlager og på sikt redusere klimagassutsleppa. Midlane skal nyttast til å gjennomføre konkrete restaureringstiltak prioriterte av Miljødirektoratet, på bakgrunn av etterspurnad frå statsforvaltaren eller verneområde- og nasjonalparkstyra. Til grunn for prioriteringa ligg mellom anna Plan for restaurering av våtmark i Norge (2021–2025) og ei utgreiing frå direktoratet med tilråding om konkrete terrestriske restaureringstiltak. Kostnadseffektive tiltak skal prioriterast.

Posten blir òg nytta til båtinvesteringar for Statens naturoppsyn. På grunn av alder og slitasje har Statens naturoppsyn behov for utskifting og fornying av båtar for å tilfredsstille krav til eigen tryggleik og stabil drift. Til materiellbestillingar (hovudsakleg båtkjøp) er det behov for ei bestillingsfullmakt på 8 mill. kroner, jf. forslag til vedtak V.

Foreslått løyving er på 145,5 mill. kroner, ein reduksjon på 13,1 mill. kroner.

I Stortingets forlik om 2023-budsjettet vart det lagt inn 25 mill. kroner på posten, jf. Innst. 9 S (2022–2023). I innstillinga er auken omtalt som ei eingongsløyving og difor teken ut i 2024-budsjettet.

Vidare er posten redusert ved at 4 mill. kroner som vart tilførte posten i 2023-budsjettet til tiltaksmidlar for nasjonalpark- og verneområdestyre, er flytta til post 21, sidan midlane skal dekkje driftskostnader styra har i verneområda. Som auke har posten fått ei samla prisjustering på 10,9 mill. kroner. Det er samstundes lagt inn nye 5 mill. kroner til restaureringstiltak.

Rapport 2022

I 2022 finansierte posten ikkje restaureringstiltak, og rapporteringa her omfattar difor berre midlar brukte på tiltak i og i tilknyting til verneområde. Budsjettmidlane til restaureringstiltak låg til og med 2022-budsjettet på post 38, og bruken av midlane er rapportert der.

Midlane er brukte til tiltak og investeringar for å ta vare på og betre verneverdiane i verneområde over heile landet. Mange hundre tilretteleggings- og informasjonstiltak vart gjennomførte i 2022, mellom anna opparbeiding av stiar, klopping og merking for å betre tilgjenget i verneområda og samstundes styre ferdselen i og rundt sårbar natur. Tiltak i verneområde der verneverdiane er trua, vart prioriterte. I 2022 er det også investert i ein ny patruljebåt for bruk i Statens naturoppsyn sitt arbeid langs kysten i Midt-Noreg.

Framande artar er framleis ein av dei største truslane mot verneverdiane, og det blir gjort ein stor innsats mot ei rekkje slike artar for å forhindre at desse tek over for stadeigen natur i verneområda. Merkevara Noregs nasjonalparkar blir nytta i stadig aukande grad, ettersom mange nasjonalparkar og andre verneområde no har ferdige besøksstrategiar. Auka tilrettelegging har ført til at fleire har teke i bruk dei verneområda som toler besøk.

Post 32 Statlege tileigningar, vern av naturområde, kan overførast

Posten er retta mot resultatområdet Naturmangfald. Formåla med dei ulike vernekategoriane som posten dekkjer, blir viste i eigne omtalar nedanfor. Rapport på bruk av midlar i 2022 for dei ulike verneplankategoriane ligg under postane dei tidlegare var budsjetterte under, sidan utbetalingar i 2022 var førte på desse.

Posten blir foreslått med ei løyving på 366,3 mill. kroner, ein reduksjon på 73,1 mill. kroner samanlikna med i 2023. Delløyvinga til skogvern er redusert med 100 mill. kroner av omsyn til det samla budsjettopplegget. Posten har samstundes fått ei netto prisjustering på 26,9 mill. kroner.

I tillegg er det behov for ei samla bestillingsfullmakt på 340,8 mill. kroner jf. forslag til vedtak V.

Løyvinga på posten blir overskriden mot tilsvarande meirinntekter knytte til sal av makeskifte- og annan eigedom i samband med vernesaker under kap. 4420, post 41, jf. forslag til vedtak II.

Fylkesvise verneplanar

Midlane til dette formålet dekkjer utgifter til gjennomføringa av planen for fylkesvise tematiske verneplanar, slik det er fastsett gjennom St.meld. nr. 68 (1980–81) Vern av norsk natur, og einskilde tilleggsområde. Verneprosessar er avslutta for alle aktuelle område. For nokre verneplanar og einskildområde er vern ikkje gjennomført etter avveging mot andre interesser. Av dei som er verna, står det att å sluttføre erstatningsoppgjer for nokre få. Midlane skal dekkje utgifter til å erstatte dei økonomiske tapa som eigarar og rettshavarar har ved vernetiltak etter naturmangfaldlova, jf. erstatningsreglane i lova. Erstatningar blir fastsette ved minnelege avtalar eller ved rettslege skjønn. Midlane skal òg dekkje kjøp av område som er verna eller føresett verna etter naturmangfaldlova, og utgifter staten som grunneigar har i samband med overtakinga av innkjøpte eigedommar. Forutan erstatning og kjøp skal midlane dekkje andre kostnader som er direkte knytte til etableringa av dei konkrete verneområda.

Til formålet er det sett av 0,8 mill. kroner for å dekkje venta utbetalingar.

Nytt landbasert vern

Midlane skal dekkje utgifter til gjennomføringa av nytt landbasert vern utover skogvern og vern som er oppfølging av St.meld. nr. 68 (1980–81) Vern av norsk natur og St.meld. nr. 62 (1991–92) Ny landsplan for nasjonalparker og andre større verneområder i Norge. Midlane skal òg dekkje utgifter til bevaring av verdifull natur (omtalt som supplerande vern i Meld. St. 14 (2015–2016) Natur for livet – Norsk handlingsplan for naturmangfold). Midlane låg til og med 2022 budsjettet på post 33.

På posten blir det ført utgifter i form av erstatning av det økonomiske tapet eigarar og rettshavarar har ved vernetiltak etter naturmangfaldlova, jf. erstatningsreglane i lova. Erstatningar blir fastsette ved minnelege avtalar eller ved rettslege skjønn. Posten kan òg dekkje kjøp av område som er verna eller føresett verna etter naturmangfaldlova, og utgifter staten som grunneigar har i samband med overtakinga av innkjøpte eigedommar. Forutan erstatning og kjøp av område skal midlane på posten dekkje andre kostnader som er direkte knytte til etableringa av dei konkrete verneområda, inkludert registrering og vurdering av verneverdiar.

Til nytt landbasert vern er det sett av 5,8 mill. kroner for å dekkje venta utbetalingar i 2024. Til formålet er det behov for ei bestillingsfullmakt på 8,3 mill. kroner, som inngår i framlegget til samla bestillingsfullmakt for posten, jf. forslag til vedtak V.

Nasjonalparkar

Midlane dekkjer utgifter til gjennomføringa av nasjonalparkplanen, jf. St.meld. nr. 62 (1991–92) Ny landsplan for nasjonalparker og andre større verneområder i Norge, og einskilde tilleggsområde. Midlane låg til og med 2022-budsjettet på post 34.

Verneprosessar er avslutta for alle aktuelle område. For nokre område er vern ikkje gjennomført etter avveging mot andre interesser. Av dei som er verna, står sluttføring av erstatningsoppgjer att for nokre få område. Midlane skal dekkje utgifter til å erstatte dei økonomiske tapa som eigarar og rettshavarar har ved vernetiltak etter naturmangfaldlova, jf. erstatningsreglane i lova. Midlane kan òg dekkje kjøp av område som er verna eller føresett verna etter naturmangfaldlova, og utgifter staten som grunneigar har i samband med overtakinga av innkjøpte eigedommar.

Forutan erstatning og vederlag skal midlane dekkje andre kostnader som er direkte knytte til etableringa av dei konkrete verneområda i nasjonalparkplanen.

Innanfor formålet er det ikkje venta utbetalingar i 2024.

Skogvern

Midlane til formålet dekkjer utgifter til erstatning av dei økonomiske tapa eigarar og rettshavarar har ved skogvern etter naturmangfaldlova og markalova, jf. erstatningsreglane i lovene. Midlane låg til og med 2022-budsjettet på post 35. Erstatningar blir fastsette ved minnelege forhandlingar eller ved rettslege skjønn. Midlane skal dekkje kjøp av skogområde som er verna eller føresett verna etter naturmangfaldlova og markalova, utgifter som staten som grunneigar har i samband med overtaking av innkjøpte eigedommar, vederlagsordning for frivillig skogvernområde som er i verneprosess, og utgifter til gjennomføring av makeskifteløysingar knytte til nytt vern.

Midlane skal vidare dekkje andre utgifter som er knytte til gjennomføring av skogvernet, som registrering og vurdering av verneverdiar, grensemerking og utarbeiding av forvaltningsplanar når dette er nødvendig for å fastsetje skjønnsføresetnadene.

Regjeringa tek sikte på å avklare spørsmålet om nasjonalpark i Østmarka og eventuelle andre nye verneområde etter naturmangfaldlova eller markalova i dette området hausten 2023.

Utgiftene i samband med slike vernevedtak i Østmarka vil i hovudsak vere erstatningar for skog og skal dekkjast av midlar innan vernekategorien skogvern, ikkje innan vernekategorien nasjonalparkar.

Av omsyn til det samla budsjettopplegget har regjeringa redusert delløyvinga til skogvern med 100 mill. kroner. Av prisjusteringa på posten er 26,6 mill. kroner lagde på skogvern, slik at samla endring for skogvern er ein reduksjon på 73,4 mill. kroner til 351,4 mill. kroner.

For å følgje opp Stortingets oppmodingsvedtak om vern av skog på Statskog SFs areal og sikre god framdrift i skogvernet er det behov for ei bestillingsfullmakt på 331,5 mill. kroner, som inngår i framlegget til samla bestillingsfullmakt for posten, jf. forslag til vedtak V.

Marint vern

Midlane til formålet skal dekkje utgifter til gjennomføringa av marint vern som omtalt i St.meld. nr. 43 (1998–1999) Vern og bruk i kystsona, Meld. St. 14 (2015–2016) Natur for livet, Meld. St. 20 (2019–2020) Helhetlige forvaltningsplaner for de norske havområdene og Meld. St. 29 (2020–2021) Heilskapleg nasjonal plan for bevaring av viktige område for marin natur. Midlane låg til og med 2022-budsjettet på post 36.

Midlane skal dekkje utgifter til å erstatte dei økonomiske tapa som eigarar og rettshavarar har ved vernetiltak etter naturmangfaldlova, jf. erstatningsreglane i lova. Erstatningar blir fastsette ved minnelege avtalar eller ved rettslege skjønn. Midlane kan òg dekkje kjøp av område som er verna eller føresett verna etter naturmangfaldlova, og utgifter som staten som grunneigar har i samband med overtakinga av innkjøpte eigedommar. Forutan erstatning og kjøp av område skal midlane dekkje andre lovpålagde kostnader som er knytte til etablering av dei konkrete verneområda, inkludert registrering og vurdering av verneverdiar. Midlane dekkjer òg utgifter til konsekvensutgreiing og kan vidare nyttast til kartlegging som grunnlag for forvaltning av område.

Innanfor formålet er det sett av 8,3 mill. kroner til venta utbetalingar i 2024.

Til formålet er det behov for ei bestillingsfullmakt på 1 mill. kroner, som inngår i framlegget til samla bestillingsfullmakt for posten, jf. forslag til vedtak V.

Rapport 2022

Her følgjer berre rapport for fylkesvise verneplanar, sidan posten var avgrensa til dette formålet i 2022. Rapportering for 2022 for andre verneplanar og verneprosessar er gjevne under postane dei låg på i 2022.

Fylkesvise verneplanar

I 2022 var hovudtyngda av utbetalingane knytt til juridisk bistand og erstatning knytt til Maridalen landskapsvernområde og område i verneplan for Tyrifjorden.

Post 33 Statlege tileigningar, nytt landbasert vern, kan overførast

Posten er lagd ned og midlane flytta til post 32.

Rapport 2022

I 2022 var hovudtyngda av utbetalingar over posten knytt til kjøp av Hotrandeltaet i Trøndelag.

Post 34 Statlege tileigningar, nasjonalparkar, kan overførast

Posten er lagd ned og midlane flytta til post 32.

Rapport 2022

Det vart ikkje gjennomført vern av nye nasjonalparkar i 2022. Hovudtyngda av utbetalingar i 2022 var knytt til erstatningsoppgjeret for nasjonalparkane Rondane, Langsua og Blåfjella-Skjækerfjella og landskapsvernområda Brattefjell-Vindeggen og Nærøyfjorden.

Post 35 Statlege tileigningar, skogvern, kan overførast

Posten er lagd ned og midlane flytta til post 32.

Rapport 2022

Hovudtyngda av utbetalingane er knytt til erstatningar i samband med frivillig vern av skog, der 374,5 mill. kroner er utbetalte i erstatningar og vederlag. Det er i 2022 utbetalt 8,7 mill. kroner i erstatning og renter for vern på grunn som Statskog SF eig. Resterande del av løyvinga er utbetalt til andre utgifter som er knytte til gjennomføring av skogvernet.

Post 36 Statlege tileigningar, marint vern, kan overførast

Posten er lagd ned og midlane flytta til post 32.

Rapport 2022

Vernevedtak vart gjort i 2022 for området Lopphavet. Utbetalingane var i hovudsak knytte til konsekvensutgreiingar og kartlegging i foreslåtte marine verneområde i Andfjorden og Borgan-Frelsøy. Dette var nødvendig for å sikre eit godt kunnskapsgrunnlag for avgjerda om oppretting av verneområde. I tillegg var det i gang prosessar for områda Stad, Griphølen, Giske og Dalsfjorden.

Post 37 Skogplanting, vidareføring av pilotprosjekt for stadeigne treslag, kan overførast

Pilotordninga for skogplanting på nye areal med klare miljøkriterium er avslutta, og posten er foreslått lagt ned frå 2024. Miljødirektoratet og Landbruksdirektoratet har jobba med eit forslag til rammeverk og rettleiing basert på erfaringane frå pilotprosjektet. Løyvinga på posten blir omprioritert til andre klima- og miljøformål, sidan det ikkje er etablert ei tilskotsordning til planting av skog.

Rapport 2022

Etter avslutta pilotprosjekt (2015–2018) og etterarbeid vart det jobba med eit forslag til rammeverk og ei rettleiing for korleis ei skogplanteordning kunne implementerast. Forbruk på posten i 2022 var på 100 000 kroner.

Post 38 Restaurering av myr og anna våtmark, kan overførast

Posten vart lagd ned i 2023-budsjettet og midlane flytta til post 31.

Rapport 2022

I perioden 2015–2022 vart det gjennomført restaureringstiltak i 139 myrar, dei fleste i verneområde, men i aukande grad på Statskog SF sin grunn.

Den femårlege overvakinga av klimagassar i Regnåsen-Hisåsen naturreservat held fram. I 2021 vart ei av dei overvakte myrane restaurert, og ein kan no følgje utviklinga i gassfluksar frå dei to myrane. Dette vil etter kvart gje verdifull kunnskap om klimagassrekneskapen for restaurert myr i Noreg.

Det skjer fortløpande metodeutvikling i arbeidet med restaurering av myr som følgje av ny kunnskap.

Det er mange høgmyrar som blir restaurerte – myrar som er sterkt trua på Norsk raudliste for naturtypar (Artsdatabanken, 2018). Desse myrane har djupe lag med torv, der mykje karbon er lagra. Ein ser at vasstanden raskt blir heva i myrane etter restaurering, at vatnet blir leidd til større delar av myra, og at dei viktige torvmosane etablerer seg att. Det same gjer ei rekkje insekt- og fugleartar.

Post 39 Oppryddingstiltak, kan overførast, kan nyttast under postane 69 og 79

Posten er knytt til resultatområdet Forureining. Utgiftene må sjåast i samanheng med midlar til same formålet under postane 69 og 79.

Posten blir nytta til å dekkje utgifter til undersøkingar og gjennomføring av oppryddingstiltak i grunnen på land og i botnen i sjø og vatn som er forureina med helse- og miljøskadelege stoff. Løyvinga går i hovudsak til arbeid i tilknyting til opprydding i forureina sjøbotn og til arbeidet med å rydde opp i forureina jord. Opprydding i forureina sjøbotn gjeld i hovudsak oppfølging av 17 prioriterte område. Foreslått løyving er på 8,6 mill. kroner på posten for 2024, ein reduksjon på 3,8 mill. kroner samanlikna med i 2023.

Posten kan òg nyttast til planvis kartlegging, oppfølging og tiltaksretta overvaking av forureiningssituasjonen, til undersøkingar og utgreiingar for å leggje til rette for målretta og effektiv innsats i oppryddingsarbeid og til anna kunnskapsoppbygging.

Prinsippet om at forureinaren betaler, ligg til grunn for arbeidet med oppryddinga, og det ligg til grunn for alle tre postane. Så langt det er rimeleg, vil pålegg etter forureiningslova bli nytta som verkemiddel for å sikre opprydding. Det vil likevel vere ulike situasjonar der det er aktuelt at miljøforvaltninga dekkjer heile eller delar av utgiftene til undersøkingar, opprydding eller andre tiltak, til dømes

  • der staten ved miljøforvaltninga er den ansvarlege for forureininga

  • der den ansvarlege ikkje kan identifiserast, ikkje er betalingsdyktig eller av andre grunnar ikkje kan stå for ei god opprydding

  • der det av miljøgrunnar hastar å få rydda opp. Staten kan forskotere oppryddingskostnadene for å komme raskt i gang og krevje kostnadene refunderte frå den ansvarlege i etterkant.

  • der miljøforvaltninga vil skaffe fram grunnlag for å leggje til rette for kunnskapsinnhenting og formidling

  • der det er nødvendig for å medverke til ei samla opprydding eller anna tiltaksgjennomføring i eit område

  • der det av andre grunnar er urimeleg at den ansvarlege skal dekkje alle kostnadene

Mange av dei store oppryddingsprosjekta i forureina sjøbotn er delfinansierte av kommunar og andre aktørar. Ettersom prosjekta strekkjer seg over fleire år, er det nødvendig å kunne inngå forpliktingar for framtidige år til å kjøpe inn materiell og til å gje tilsegn om tilskot utover gjeven løyving under kap. 1420 Miljødirektoratet, postane 39, 69 og 79 Oppryddingstiltak. Ut frå behovet blir det fremja forslag om ei slik fullmakt på 9,3 mill. kroner, jf. forslag til vedtak VII.

Rapport 2022

Rapportering på resultat frå ressursbruken i oppryddingsarbeidet for 2022 er samla under post 79.

Post 60 Tilskot for å vareta naturmangfald i kommuneplanlegging

Tilskotsordninga er knytt til resultatområdet Naturmangfald.

Posten er oppretta som følgje av Meld. St. 14 (2015–2016) Natur for livet – norsk handlingsplan for naturmangfold, der det går fram at ein vil leggje til rette for at kommunane betrar kompetansen om naturmangfald. Midlane skal gje støtte til kommunar i arbeidet med kommunedelplan om natur. Løyvinga for 2024 er 3,2 mill. kroner etter ein auke med 0,2 mill. kroner i prisjustering.

Mål

Målet med tilskotsordninga er å styrkje den kommunale naturforvaltninga. Det er ønskjeleg at kommunane har større medvit om eigne naturverdiar, slik at dei kan gjere politiske val på eit betre kunnskapsgrunnlag tidleg i planprosessane. Dette kan gje meir effektive planprosessar og kompetanseløft i kommunane, i tillegg vil det skape eit lokalt engasjement for naturen og betre ivaretaking av naturmangfald.

Kriterium for måloppnåing

Midlane må brukast på å lage og vedta kommunedelplanar for naturmangfald i tråd med plan- og bygningslova eller til ein temaplan som del av ein meir heilskapleg plan der naturmangfald inngår som ein eigen del med mål og handlingsplan.

Tildelingskriterium

Kommunar kan søkje om midlar.

Oppfølging og kontroll

Alle kommunar som får tilskot, må rapportere til Miljødirektoratet om korleis midlane er brukte, og om resultatet.

Rapport 2022

Miljødirektoratet fekk søknader om tilskot til å lage ein kommunedelplan for naturmangfald frå 23 kommunar i 2022. 20 av desse fekk tilskot på 150 000 kroner kvar. Tilskotsordninga bidreg til auka politisk merksemd i kommunane, både blant innbyggjarar, næringsliv og politisk leiing. Dette er positivt for å vareta naturmangfaldet i det vidare planarbeidet til kommunen.

Post 61 Tilskot til klimatiltak og klimatilpassing, kan overførast

Posten er knytt til resultatområdet Klima.

Posten har vore omfatta av dei to tilskotsordningane Klimasats (ordning for tilskot til kommunale klimatiltak for å kutte utslepp av klimagassar) og tilskot til klimatilpassingstiltak i kommunane.

Løyvinga på posten for begge ordningane er på 163,8 mill. kroner for 2024 og skal dekkje utbetalingar for allereie gjevne tilsegner. Klimasatsordninga vart i 2023 ført videre med 100 mill. kroner i budsjettforliket og i tillegg styrkt ytterlegare med 100 mill. kroner i revidert nasjonalbudsjett for 2023. Utbetalingane strekkjer seg over fleire år, og løyvingar er knytte til utbetalingar til kommunane for tilsegner til prosjekt som er gjevne tidlegare år. Løyvinga må sjåast i samanheng med tilsegnsfullmakta på posten.

Løyvinga til klimatilpassing er ført vidare med 6,4 mill. kroner som er på same nivået som i 2023.

Klimasats

Tilskotsordninga Klimasats vart oppretta i 2016. Utgangspunktet var ei tilskotsordning (minst fem år), som deretter har blitt vidareført eitt år om gongen. Ordninga har vore vellykka og har bidrege til å fremje klimatiltak i kommunar, fylkeskommunar og Longyearbyens lokalstyre ved å støtte prosjekt som medverkar til reduksjon i utslepp av klimagassar og omstilling til lågutsleppssamfunnet. Regjeringa har ikkje prioritert vidareføring av ordninga i 2024-budsjettet, og det vil ikkje vere rom til å gje nye tilsegner over ordninga i 2024.

Rapport 2022

I 2022 fekk Miljødirektoratet 353 søknader om til saman 511,2 mill. kroner til den ordinære Klimasats-ordninga. Til saman 267 prosjekt fekk tildelt 273,1 mill. kroner. I 2022 var det to søknadsfristar, i februar for alle typar tiltak og i november for meirkostnader i anskaffingar og kartlegging av moglege klimatiltak i byggje- og anleggsprosjekt. 170 kommunar fekk støtte til deltaking i interkommunale klimanettverk i 2022, om lag på same nivået som i 2021, men færre enn i 2019 og 2020. Interkommunalt samarbeid er viktig i omstillinga til lågutsleppssamfunnet.

Klimasats-støtta har i 2022 mellom anna utløyst utsleppsfrie løysingar på 16 byggjeplassar spreidde utover landet, om lag 53 elbussar i bussanbod som elles ville nytta dieselbussar, arbeid med klimakrav i anskaffingar i 10 kommunale innkjøpssamarbeid, kartlegging av klimatiltak tidleg i 39 byggje- og anleggsprosjekt og meirkostnadar for klimavennlege og sirkulære løysingar i 17 bygg. Vidare har støtta gjeve 27 prosjekt om klimavennleg areal- og transportplanlegging og 12 prosjekt om sirkulærøkonomi med tydeleg klimagevinst, eit stort prosjekt om klimaklok massehandtering, elektrifisering av ferjesamband og hamnebåt, produksjon av biokol saman med varmeenergi med meir. Full oversikt: Klimasats-prosjekt – Miljødirektoratet (miljodirektoratet.no).

Klimatilpassing

Mål

Tilskotsordninga skal fremje arbeidet med klimatilpassing i kommunar og fylkeskommunar ved å medverke til å auke kunnskap om korleis klimaendringane rammar dei, og kva tiltak som må setjast i verk for å måle klimaendringane. Dette omfattar kunnskap om korleis klimaendringane kan verke inn på ansvarsområda til kommunane og fylkeskommunane, og utgreiingar om kva slag tiltak kommunane må setje i verk for å møte klimaendringane.

Kriterium for måloppnåing

Midlane må brukast på tiltak som gjer samfunnet betre rusta mot klimaendringane.

Tildelingskriterium

Kommunar og fylkeskommunar kan søkje om midlar til kunnskapsoppbygging og til utgreiing av konkrete tilpassingstiltak. Midlane kan ikkje brukast til å gjennomføre fysiske klimatilpassingstiltak.

Oppfølging og kontroll

Resultatkontroll og oppfølging av tilskot til klimatilpassing skjer ved at det blir følgt opp at tilskotsmottakarane nyttar midlane som føresett, og at tiltaka blir gjennomførte. Kontroll av bruken av midlar skjer mellom anna gjennom dokumentasjon i sluttrapport innsend av tilskotsmottakaren.

Rapport 2022

I 2022 fekk Miljødirektoratet 46 søknader for til saman 20,2 mill. kroner på ordninga tilskot til klimatilpassing. Av desse fekk 19 prosjekt til saman 6,4 mill. kroner i støtte.

Midlane for 2022 vart fordelte mellom små og store kommunar i heile landet, og det er stor tematisk breidd i søknadene som får støtte – frå klimatilpassing av kulturmiljø i Møre og Romsdal, rettleiing for flaumvegar i Oslo og klimatilpassing i forvaltninga av trua natur på Røst. Fleire av søknadene som fekk tilsegn, handlar om nettverksbygging og regionale samarbeid.

Post 62 Tilskot til grøn skipsfart, kan overførast

Posten er knytt til resultatområdet Klima. Løyvinga er auka med 16,1 mill. kroner i tråd med venta utbetalingar i 2024. Regjeringa foreslår å føre vidare ordninga for innfasing av hurtigbåtar med null- og lågutsleppsløysingar i fylkeskommunale samband med ei ramme for nye tilsegner på 40 mill. kroner i 2024 òg. Som følgje av at tilskot blir utbetalte på etterskot, er det behov for ei samla tilsegnsfullmakt på 190,3 mill. kroner til posten, jf. forslag til vedtak VI.

Mål

Ordninga har som formål å auke bruken av null- og lågutsleppsløysingar i fylkeskommunale hurtigbåtsamband.

Tildelingskriterium

Kommunar og fylkeskommunar kan få tilskot til tiltak som oppfyller desse tildelingskriteria:

  • Tiltaket skal bidra til reduserte klimagassutslepp, løysingar som kan bidra til omstilling til lågutsleppssamfunnet, eller til begge delar.

  • Søknaden skal vere politisk forankra i fylkeskommunen/kommunen.

  • Tilskotet skal vere utløysande for at tiltaket blir gjennomført.

  • Søkjaren må bidra med eigeninnsats.

Detaljerte opplysningar finst på www.miljødirektoratet.no.

Oppfølging og kontroll

Resultatkontroll og oppfølging skjer ved at tilskotsmottakarane leverer sluttrapport med resultat, dokumentasjon og stadfesta rekneskap. Dei ulike prosjekta har individuelle rapporteringskrav og fristar, slik at ein får formålstenleg rapportering. Endringar i prosjektet blir melde inn undervegs. Fleirårige prosjekt har krav om årleg delrapport. Tilskot kjem som regel til utbetaling når prosjektet er gjennomført eller igangsett, og på grunnlag av sluttrapporten og rekneskapen deira.

Rapport 2022

I 2022 fekk Miljødirektoratet åtte søknader for til saman 235,07 mill. kroner på Hurtigbåtprogrammet i Klimasats. Av desse fekk fem prosjekt til saman tilsegner om 90 mill. kroner i støtte.

Midlane for 2022 vart fordelte mellom Vestland fylkeskommune, Rogaland fylkeskommune, Troms og Finnmark fylkeskommune og til eit samarbeidsprosjekt mellom Trøndelag fylkeskommune, Vestland fylkeskommune, Nordland fylkeskommune og Troms og Finnmark fylkeskommune. Søknadene omhandla støtte til meirkostnader ved elektriske hurtigbåtar i kommande anbod og eit utviklingsprosjekt. Ein av søknadene fekk ikkje støtte i 2021, men fekk støtte under utlysinga i 2022.

Post 63 Returordning for kasserte fritidsbåtar, kan overførast

Posten gjev tilskot til kommunale anlegg for behandling av kasserte fritidsbåtar. Tilskot til private behandlingsanlegg og til kommunale og interkommunale verksemder som er organiserte som sjølvstendige rettssubjekt, blir utbetalte frå post 75. Ordninga rettar seg mot resultatområdet Forureining. Foreslått løyving er på 0,34 mill. kroner for 2024.

Mål

Målet med tilskotsordninga er å stimulere kommunane til å etablere godkjende mottak slik at båteigarar har ein stad å levere dei kasserte fritidsbåtane sine, slik at fritidsbåten kan takast hand om på ein forsvarleg måte utan å forureine miljøet og materiala frå han kan vinnast att. Posten dekkjer utbetaling av tilskot for kostnader ved behandling ved ein kommunal behandlingsplass.

Frå posten blir det utbetalt tilskot til kasserte fritidsbåtar. Det blir utbetalt eit beløp per kilo båt som blir levert inn til behandlingssystemet, for å dekkje kostnadene kommunane har ved å behandle båtvraka.

Kriterium for måloppnåing

Tilskotsordninga skal medverke til å auke innleveringa av fritidsbåtar som skal vrakast, slik at dei kan takast hand om på ein forsvarleg måte og ikkje blir etterlatne i naturen, ulovleg senka eller brende.

Tildelingskriterium

Miljødirektoratet betaler ut tilskot til behandlingsanlegg for behandling av kasserte fritidsbåtar. Tilskotet i kroner per båt er basert på kostnadene ved å behandle fritidsbåtane. Tilskot til private behandlingsanlegg og kommunale og interkommunale verksemder organiserte som sjølvstendige rettssubjekt blir utbetalte frå post 75.

Oppfølging og kontroll

Miljødirektoratet kontrollerer dokumentasjon frå behandlingsanlegget i samband med at kasserte fritidsbåtar blir behandla.

Rapport 2022

Tilskotsordninga er viktig for å sikre eit tilgjengeleg tilbod med mottaks- og behandlingsanlegg for kasserte fritidsbåtar, noko som har sikra høg innlevering, utnytting av ressursane i båtane i ein sirkulær økonomi og reduksjon av forsøpling og anna forureining. Ordninga vart vedteken i statsbudsjettet for 2017 og var verksam frå 1. oktober 2017. I 2022 vart det levert totalt om lag 10 150 kasserte fritidsbåtar over både post 63 og post 75. Det var inga utbetaling til kommunale anlegg på post 63 i 2022.

Post 64 Skrantesjukeprøvar frå fallvilt

Tilskotsordninga er retta mot resultatområdet Naturmangfald.

Skrantesjuke kan påvisast i prøvar frå hjerne og lymfeknutar. Dette krev tilgang til døde dyr og relativt ferske prøvar. Det er særs viktig å ta prøvar av fallvilt, og difor skal alle fallvilt av hjortevilt som er eitt år og eldre, testast for skrantesjuke i heile Noreg. Ettersøkspersonellet i kommunen er mest i kontakt med fallvilt, og det er ofte formålstenleg at dei tek ut nødvendige prøvar. For å auke kunnskapen om korleis sjukdommen opptrer i ulike aldersgrupper, sender utvalde kommunar inn kjevar frå fallvilt for aldersbestemming. Kommunen skal alltid registrere fallvilt i Miljødirektoratets database Hjorteviltregisteret, inkludert om det er teke skrantesjukeprøve. Prøvetaking av fallvilt kan føre til ekstra utgifter for kommunen. Posten er oppretta for å dekkje utgifter kommunar har i samband med kartlegging av skrantesjuke hos fallvilt. Foreslått løyving i 2024 er på 1,3 mill. kroner, ein auke på 0,1 mill. kroner som følgje av prisjustering.

Mål

Målsetjinga med tilskotsordninga er å ta prøvar av døde hjortedyr med det formål å auke kunnskapen om skrantesjuke og kartleggje mogleg spreiing av sjukdommen.

Kriterium for måloppnåing

Kriterium for måloppnåing er at tilskotsordninga medverkar til auka kartlegging av skrantesjuke hos fallvilt.

Tildelingskriterium

For å få tilskot må kommunen ta prøve av dyret og registrere fallviltet og prøven i Miljødirektoratets database Hjorteviltregisteret. I tillegg må Veterinærinstituttet og NINA bekrefte at prøvar og kjevar er sende inn slik ordninga krev.

Det er oppretta eit eige skjema i Miljødirektoratets elektronisk søknadssenter der kommunar kan søkje om tilskot innan den årlege rapporteringsfristen for fallvilt. Søknadssenteret hentar automatisk så mange skrantesjukeprøvar som kommunen har registrert frå fallvilt i Hjorteviltregisteret. Det blir gjeve ein fast sats per registrerte prøve og ein fast sats per kjeve. Summen blir utbetalt som tilskot til kommunane.

Oppfølging og kontroll

Miljødirektoratet gjennomfører oppfølging og kontroll gjennom Elektronisk søknadssenter og Hjorteviltregisteret.

Rapport 2022

Rapportering av fallvilt følgjer jaktåret (1. april–31. mars), og for jaktåret 2021–2022 søkte til saman 158 kommunar om tilskot for 2 532 prøvar til ein samla sum på 1,275 mill. kroner. Summen inkluderer tilskot til kommunar som leverer kjevar i regi av kartleggingsprogrammet. Både talet prøvar det er søkt om tilskot for, og talet på kommunar som søkte, har auka samanlikna med førre året. Dette tyder på at på at ordninga er blitt betre kjend og blir godt nytta av kommunane. Det er likevel framleis mykje fallvilt det ikkje blir søkt om tilskot for. Det blir arbeidd fortløpande for å få inn fleire prøvar frå fallvilt.

Post 66 Tilskot til kommunar for å betre tilgangen til strandsona langs Oslofjorden

Tilskotsordninga er knytt til resultatområde Friluftsliv. Foreslått løyving på posten er 3,2 mill. kroner, ein auke på 0,2 mill. kroner frå 2023 grunna prisjustering.

Posten finansierer ei tilskotsordning som gjev midlar til kommunane langs Oslofjorden til juridiske avklaringar i arbeidet med å klargjere grensene mellom innmark og utmark langs strandsona og arbeidet med fjerning av ulovlege stengsel og hindringar i strandsona.

Primært skal midlane gå til juridiske avklaringar knytte til konkrete saker, men kan òg nyttast til kompetanseheving i kommunane innanfor temaet, i form av til dømes seminar.

Mål

Målet med tilskotsordninga er å betre tilgangen for allmenta til ferdsel og opphald langs Oslofjorden gjennom å gje midlar til juridisk bistand til kommunane i arbeidet deira med å fjerne ulovlege stengsel og hindringar til og langs Oslofjorden og arbeidet med klargjering av grensene mellom innmark og utmark.

Kriterium for måloppnåing

Betre moglegheiter for allmenta til å utøve friluftsliv langs Oslofjorden i form av at tidlegare ulovleg privatiserte eller utilgjengelege areal blir tilgjengelege for friluftsliv.

Tildelingskriterium

Oslo kommune og kommunar i Østfold, Akershus, Buskerud, Vestfold og Telemark med grense til Oslofjorden kan søkje om midlar.

Oppfølging og kontroll

Alle kommunar som får tilskot, må rapportere til Miljødirektoratet om korleis midlane er brukte, og om resultatet.

Rapport 2022

Tilskotsordninga kom i gang i april 2022, og i løpet av 2022 kom det til saman 13 søknader frå 8 ulike kommunar langs Oslofjorden. Dei fleste søknadene gjaldt juridisk bistand i konkrete saker, til dømes vurderingar omkring gjerde og stengsel, rett til ferdsel og opphald, merking av kyststi, ulovlege tiltak og dispensasjonshøve. Det vart også søkt støtte til meir prinsipielle juridiske utgreiingar knytte til problemstillingar kommunane ofte møter i strandsonesaker.

Post 69 Oppryddingstiltak, kan overførast, kan nyttast under postane 39 og 79

Utgiftene på posten må sjåast i samanheng med midlar til same formål under postane 39 og 79. Midlane er retta mot resultatområdet Forureining. I dei fleste områda som får støtte, stammar forureininga frå langt tilbake i tid, og det er vanskeleg å finne den ansvarlege forureinaren. Midlane som staten løyver over dei tre postane 39, 69 og 79, er difor nødvendige for at oppryddinga av forureiningane skal bli gjennomført.

Elles vil den samla løyvinga på postane 39, 69 og 79 gå til å føre vidare og gjennomføre allereie vedtekne oppryddingstiltak, inkludert tiltak der det er blitt gjeve finansieringstilsegn frå miljøstyresmaktene, og til ei rekkje mindre tiltak, særleg innanfor forureina sjøbotn.

Løyvinga er redusert i tråd med venta utbetalingar i 2024, som er 45,6 mill. kroner. Oppryddinga av miljøgifter i forureina sjøbotn i Hammerfest hamn er avslutta, og store delar av midlane på posten skal gå til utbetaling av oppryddinga av miljøgifter i forureina sjøbotn i Store Lungegårdsvann i Bergen. For dei tre oppryddingspostane er det behov for ei fullmakt til å pådra forpliktingar for framtidige år på til saman 9,3 mill. kroner, jf. forslag til vedtak VII.

Mål

Posten skal nyttast til å dekkje utgifter som kommunane har til å undersøkje og gjennomføre oppryddingstiltak i grunnen på land og i botnen i sjø og vatn som er forureina med helse- og miljøskadelege stoff.

Kriterium for måloppnåing

Både for forureina sjøbotn og forureina grunn er bruken av midlane knytt til det nasjonale målet «forureining skal ikkje skade helse og miljø» og målet «utslepp av helse- og miljøskadelege stoff skal stansast».

Tildelingskriterium

I dei prioriterte tiltaksplanområda for forureina sjøbotn vil kommunen ofte stå for førebuing og gjennomføring av oppryddingstiltak. Posten skal nyttast til delfinansiering av oppryddingsprosjekt i kommunal regi og der fleire aktørar er med på å finansiere tiltaket. Kommunen må normalt medverke med midlar sjølv òg. Sjå òg omtale under kap. 1420, postane 39 og 79.

Oppfølging og kontroll

Kontroll av bruken av midlar skjer mellom anna gjennom dokumentasjon av framdrift og sluttrapport innsend av tilskotsmottakaren.

Rapport 2022

Rapportering på resultat frå ressursbruken i oppryddingsarbeidet for 2022 er samla under post 79.

Post 70 Tilskot til vassmiljøtiltak, kan overførast

(i 1 000 kr)

Underpost

Nemning

Rekneskap 2022

Saldert budsjett 2023

Forslag 2024

70.1

Kalking

3 865

70.2

Anadrom laksefisk

30 873

70.3

Generell vassforvaltning

27 748

Sum post 70

62 486

Posten vart lagd ned i 2023-budsjettet og midlane flytta til post 80.

Kalking

Rapport 2022

Det meste av midlane under ordninga vart i 2022 brukt til kalking av innsjøar og bekker, hovudsakleg i Agder, Oslo og Viken. Det vart òg gjeve tilskot til Voss klekkeri og informasjonstiltak, mellom anna til bladet pH-status.

Anadrom laksefisk

Rapport 2022

Midlane vart i 2022 nytta til tiltak i regi av organisasjonar og til informasjonstiltak og formidling av kunnskap. Tanavassdragets fiskeforvaltning har fått tilskot til den delen av drifta som ikkje kan finansierast gjennom sal av fiskekort grunna nye restriksjonar på fiske. Det er gjeve tilskot til bygging av laksetrapper i Beiarelva og Vefsna og til overvaking av bestandssituasjonen for laks og sjøaure og til forsking og utvikling. Samla har dette medverka til betre forvaltning og styrkt kunnskapsgrunnlag for anadrom laksefisk.

Generell vassforvaltning

Rapport 2022

Midlane vart i 2022 nytta til tiltak i regi av kommunar, interkommunale vassområde og organisasjonar. For å gjere livet betre for fisk og anna liv i elvar, innsjøar og kystvatn fekk 77 prosjekt i heile landet støtte til ulike tiltak. Restaureringstiltak har hatt hovudprioritet.

Det vart òg gjeve tilskot til organisasjonar som har medverka i vassforvaltningsarbeidet. Samla har dette medverka til satsinga på restaurering av vassdrag og betre vassmiljø lokalt.

Post 71 Marin forsøpling, kan overførast

Posten er flytta frå kap. 1424 som følgje av at Senter mot marin forsøpling, frå 1. januar 2024, ikkje lenger er eit eige forvaltningsorgan under Klima- og miljødepartementet, men blir lagt inn under Miljødirektoratet. Posten er retta mot resultatområdet Forureining og delt opp i to tilskotsordningar. Foreslått løyving er på 27,4 mill. kroner på posten for 2024. Det er òg behov for ei tilsegnsfullmakt på denne posten på 15 mill. kroner, jf. forslag til vedtak VI. Ordninga Fishing for Litter skal førast vidare på same nivået som i 2023.

Mål

Ordninga skal gå til tiltak for å redusere marin forsøpling gjennom å dekkje utgifter knytte til opprydding av marint avfall og til førebyggjande arbeid. Stor merksemd skal rettast mot strandsona og rydding av marint avfall på sjøbotnen. Opprydding av avfall langs elvar, vatn og innsjøar er også omfatta av ordninga. Prinsippet om at forureinaren betaler, skal liggje til grunn for arbeidet. Opprydding der det finst ein ansvarleg for avfallet, er ikkje omfatta av ordninga. I slike tilfelle kan styresmaktene gje pålegg om opprydding, og den ansvarlege forureinaren skal dekkje utgiftene.

Kriterium for måloppnåing

Kriterium for måloppnåing er at midlane er knytte til det nasjonale målet om at «veksten i mengda avfall skal vere vesentleg lågare enn den økonomiske veksten, og ressursane i avfallet utnyttast best mogleg gjennom materialattvinning og energiutnytting».

Tildelingskriterium

Det er utarbeidd ei forskrift med kriterium for bruken av ordninga. Denne tok til å gjelde 1. januar 2019. Desse tiltaka kan støttast:

  • opprydding av marin forsøpling og koordinering av slike prosjekt

  • prosjekt for å førebyggje marin forsøpling

Følgjande kriterium skal vektleggjast ved vurdering av tiltak:

  • at prosjektet samlar aktørar, mange deltakarar og dekkjer større geografiske område

  • at tiltaket sikrar ein effektiv bruk av midlane med godt dokumenterte utgiftspostar

  • at tiltaket medverkar i stor grad med eigenfinansiering eller medfinansiering frå andre kjelder

  • at tiltaket inneheld konkrete og realistiske/gjennomførlege planar

  • at søkjaren har eigna kompetanse innanfor tiltaket det er søkt om støtte til

Årlege satsingsområde og prioriteringar blir kunngjorde i utlysingsteksten for tilskotsordninga.

Oppfølging og kontroll

Kontroll av bruken av midlane skjer mellom anna gjennom sluttrapport innsend av tilskotsmottakaren. I tillegg kan Miljødirektoratet og Riksrevisjonen utan forvarsel føre kontroll med at tilskotet er eller blir nytta etter føresetnadene.

Rapport 2022

Pengane på posten vart løyvde under kap. 1420 i 2022. Det vart i 2022 tildelt 57,2 mill. kroner til 41 ulike søknader (totalt 84 søknader). Av dette gjekk om lag 2,3 mill. kroner til vidareføring av prøveordninga Fishing for Litter, og resten til andre oppryddingsprosjekt og førebyggjande arbeid. Tilskotsmidlane har bidrege til at store mengder marin forsøpling er rydda frå strandsona og langs vassdrag. Fleire har også fått kunnskap om marin forsøpling og kva for konsekvensar det kan føre med seg. Tilskotsmidlane er viktige for å støtte opp om det store frivillige engasjementet rundt dette miljøproblemet.

Post 72 Erstatning for beitedyr tekne av rovvilt, overslagsløyving

(i 1 000 kr)

Underpost

Nemning

Rekneskap 2022

Saldert budsjett 2023

Forslag 2024

72.1

Erstatning for husdyr

45 355

55 567

55 567

72.2

Erstatning for tamrein

95 199

93 311

93 311

Sum post 72

140 554

148 878

148 878

Posten er retta mot resultatområdet Naturmangfald. Posten omfattar erstatningar for husdyr og tamrein som er drepne eller skadde av rovvilt. Erstatningane kan variere frå år til år, mellom anna på grunn av naturgjevne forhold. Løyvingsbehovet er slik sett vanskeleg å stipulere, og posten er difor budsjettert som overslagsløyving.

Løyvinga er på 148,9 mill. kroner, det same som i 2023-budsjettet.

Mål

Ordninga skal sikre full erstatning for rovviltskadar på husdyr og tamrein som er dokumenterte og sannsynlege, slik dette er nedfelt i naturmangfaldlova.

Kriterium for måloppnåing

Kriterium for måloppnåing er at ordninga sikrar den lovfesta retten dyreeigaren har til full erstatning i tilfelle der rovvilt er årsaka til tap av dyr.

Tildelingskriterium

Erstatningar blir utbetalte i samsvar med forskrift om rovvilterstatning for husdyr, fastsett 30. mai 2014, og forskrift om rovvilterstatning for tap av tamrein, fastsett 4. mai 2001.

Oppfølging og kontroll

Erstatningssøknadene blir gjennomgått for å sikre at vilkåra for erstatning er oppfylte. Dokumentasjon av rovviltskadane, som blir gjennomført av Statens naturoppsyn, er eit viktig grunnlag for erstatning. Bestandregistreringa for rovvilt er omfattande, held høg kvalitet og gjev høve for publikum og dyreeigar til å melde inn rovviltobservasjonar.

Rapport 2022

Erstatningsoppgjeret for husdyr og tamrein er gjennomført i medhald av gjeldande reglar. Det er framleis stor variasjon i tapsutviklinga i ulike område, men på nasjonalt nivå er det god samanheng mellom auka innsats på førebyggjande tiltak og reduksjon i sauetapa. For reinnæringa ser ein ikkje nokon tilsvarande samanheng. For denne næringa er det vanskelegare å finne eigna tiltak, og tapsforholda varierer i større grad med naturgjevne forhold knytte til klima, beitegrunnlag og anna.

Post 73 Tilskot til rovvilttiltak, kan overførast

Posten er retta mot resultatområdet Naturmangfald. Posten dekkjer utgifter til førebyggjande og konfliktdempande tiltak i rovviltforvaltninga, inkludert godtgjersle til lokale fellingslag. Løyvinga på posten kan òg nyttast til tiltak for å auke kunnskapsgrunnlaget som kjem den todelte målsetjinga til gode. Foreslått løyving er 73,9 mill. kroner, ein auke på 9,1 mill. kroner. Posten er auka med 10 mill. kroner til skadefelling av rovdyr gjennomført av kommunale og interkommunale skadefellingslag. Posten har samstundes fått ei prisjustering på 4,1 mill. kroner. 5 mill. kroner er omdisponerte til kap. 1410, post 21 Miljødata, til generell styrking av kunnskapsgrunnlaget innan miljø.

Mål

Målet med tilskotsordninga er å førebyggje rovviltskadar i husdyrhald og tamreindrift gjennom å medverke til å finansiere førebyggjande tiltak. Vidare skal midlane nyttast til godtgjersle ved forsøk på skadefelling av rovvilt og medverke til å dempe konfliktar og auke verdiskapinga knytt til førekomstar av rovdyr i lokalsamfunn. Det blir lagt vekt på å føre vidare arbeidet med tiltak innan førebygging og konfliktdemping med utgangspunkt i Stortingets behandling av St.meld. nr. 15 (2003–2004) Rovvilt i norsk natur, jf. Innst. S. nr. 174 (2003–2004) og rovviltforliket på Stortinget våren 2011 (jf. Representantforslag 8:163 S (2010–2011)).

Kriterium for måloppnåing

Kriterium for måloppnåing er at tilskotsordninga stimulerer til mindre tap og konfliktar knytte til førekomstar av rovvilt i dei ulike rovviltregionane ved å setje i verk effektive førebyggjande og konfliktdempande tiltak.

Tildelingskriterium

Tilskot til førebyggjande og konfliktdempande tiltak blir fordelte etter gjeldande forskrifter. I tråd med føringane i rovviltpolitikken vil ein hovuddel av midlane bli kanalisert gjennom dei åtte regionale rovviltnemndene. Midlane skal nyttast til førebyggjande tiltak i husdyrhald og tamreindrift og til konfliktdempande tiltak retta mot kommunar og lokalsamfunn. I kvar region har den regionale rovviltnemnda utarbeidd ein forvaltningsplan som skal sikre at det over tid blir lagt til rette for tilpassingar som gjev eit best mogleg skilje mellom beitedyr og faste førekomstar av rovvilt. Dei regionale rovviltnemndene har hovudansvaret for at tildelingane over posten skjer i tråd med eigen forvaltningsplan i den enkelte regionen. Det er utarbeidd nasjonale standardar for nokre av dei ulike førebyggjande tiltaka. Desse standardane skal følgjast ved iverksetjing av tiltaka.

Den todelte målsetjinga og målet om ei tydelegare soneforvaltning har ført til at vi har område som er beiteprioriterte, og område som er rovdyrprioriterte. Tilskotsmidlane skal nyttast til å støtte opp om den todelte målsetjinga, og ein må vurdere søknadene ut frå om tiltaka gjev auka eller redusert konflikt mellom rovdyr og beitedyr. I dette ligg det at ein bør vere varsam med å støtte tiltak gjennom ordninga som stimulerer til auka tal beitedyr i rovviltprioriterte område.

Oppfølging og kontroll

Det blir utført ein generell formalia- og sannsynskontroll av rapportar frå tilskotsmottakarar om gjennomføring av tiltak og ressursforbruk. For å sikre effektiv bruk av midlane er det lagt vekt på kontroll med at førebyggjande tiltak som er støtta med offentlege midlar, følgjer nasjonale standardar der slike er utarbeidde.

Rapport 2022

I 2022 vart det behandla i alt 525 søknader om konkrete førebyggjande tiltak, og det vart behandla 227 søknader om tiltak for å dempe konfliktar kring rovvilt. Det kom inn 103 søknader om akutte tiltak, og det vart avslutta omstilling for 4 bruk som hadde opplevd vesentleg rovviltskade i besetningane over fleire år. Tilskot til førebygging har truleg effekt for skade på og tap av sau. Reduksjonen i tap kan òg henge saman med den geografiske differensieringa av rovviltførekomstar. For tamrein er det vanskeleg å finne eigna førebyggjande tiltak.

Post 74 CO2-kompensensasjonsordning for industrien

Posten er knytt til resultatområde Klima. På grunn av auka kvoteprisar i EU sitt klimakvotesystem kombinert med innlemminga av eigenkraft, er det venta at kostnadene ved CO2-kompensasjonsordninga for industrien kjem til å auke til drygt 120 mrd. kroner over perioden 2021–2030 utan innstrammingar. Dei årlege utbetalingane er tett knytte til utviklinga av kvoteprisane. Utviklinga i kvoteprisane fremover er svært usikre, noko som også gjør det krevjande å estimere kostnadane til ordninga.

For å bidra til å halde ordninga budsjettmessig berekraftig, foreslo regjeringa å innføre ein eigenandel (eit kvoteprisgolv) på 200 kroner i 2023-budsjettet. Eit kvoteprisgolv betyr at verksemder med rett på stønad får kompensert auken i kraftprisen som kjem av kvoteprisen på over 200 kroner. Kvoteprisgolvet ble vedteke av Stortinget i 2023-budsjettet.

Med kvoteprisgolvet på 200 kroner, er ordninga venta å koste om lag 94 mrd. kroner over perioden 2021–2030. Estimatet kan fortsette å auke parallelt med auka kvotepriser. Kostnadane for 2024-budsjettet er ventet å vere på om lag 8,8 mrd. kroner med eit kvoteprisgolv på 200 kroner. Regjeringa vurderer at dette nivået ikkje er budsjettmessig berekraftig, og foreslår difor å auke kvoteprisgolvet til 375 kroner i 2024-budsjettet. Ved å auke kvoteprisgolvet til 375 kroner reduseres estimerte utbetalingar frå 8,8 til 6,4 mrd. kroner i 2024-budsjettet. Sjølv med det foreslåtte kvoteprisgolvet auker løyvinga for 2024 med om lag 1,7 mrd. kroner samanlikna med Saldert budsjett 2023.

Forutsigbarheit rundt ordninga er avgjerande for at den skal virke etter sitt formål. Samstundes gjer auka kvoteprisar det krevjande for staten å oppretthalde ordninga. Regjeringa vil gå i dialog med industrien om etablering av framtidige rammer i CO2-kompensasjonsordninga for å halde ordninga forutsigbar og på eit budsjettmessig berekraftig nivå. Regjeringa vil samstundes halde fram dialogen med industrien om endring av ordninga slik at ho bidreg med utsleppsreduksjonar og/eller energieffektivisering. Basert på denne dialogen, vil regjeringa i 2025-budsjettet foreslå ei langsiktig løysing av ordninga.

Med denne bakgrunn blir det i 2024-budsjettet foreslått ei løyving på 6,4 mrd. kroner. Den foreslåtte bevilginga er basert på bedriftanes gjennomsnittlege produksjon og kraftforbruk i 2021 og 2022. I tillegg er det lagt inn ein 5 pst. buffer, som er meint å ta høyde for uforutsette innvirkninger på budsjettet, eksempelvis som følgje av klageavgjørelser eller nye søkere.

Kompensasjonen blir utbetalt etterskotsvis. Det betyr at løyvinga for 2024 gjeld for støtteåret 2023.

Mål

CO2-kompensasjonsordninga kompenserer norsk industri for auka kraftprisar som følgje av EUs kvotesystem for CO2-utslepp. Formålet med ordninga er å redusere faren for karbonlekkasje frå Europa og slik hindre auke i globale utslepp som følgje av utflytting av industri til land med mindre stram klimapolitikk. Ordninga er basert på EFTAs overvakingsorgan (ESA) sine retningslinjer for CO2-kompensasjon, som opnar for statsstøtte til utvalde industrisektorar som er vurderte som særleg utsette for karbonlekkasje. ESAs retningslinjer svarer til EUs retningslinjer.

Kriterium for måloppnåing

Kriterium for måloppnåing er at tilskotsordninga reduserer faren for karbonlekkasje.

Tildelingskriterium

Ordninga omfattar industriverksemder i 10 sektorar og 20 undersektorar som det etter EUs retningslinjer er mogleg å gje støtte. Dette inkluderer mellom anna produsentar av aluminium, ferrolegeringar, kjemiske produkt og treforedling. I tillegg arbeider regjeringa for å få inkludert ytterlegare to sektorar i den norske ordninga, det vere seg produksjon av andre organiske kjemiske råvarer og produksjon av gjødsel, nitrogensambindingar og vekstjord. Regjeringa er i dialog med ESA om dette.

Ordninga gjeld for perioden frå 1. januar 2021 til 31. desember 2030. EU-kommisjonen og ESA kan endre retningslinjene for CO2-kompensasjon når dei ser det nødvendig. Ei endring i retningslinjene kan bety at den norske forskrifta må endrast tilsvarande.

Oppfølging og kontroll

Ordninga blir administrert av Miljødirektoratet, som i behandlinga av søknadene kontrollerer om dei enkelte verksemdene fyller vilkåra for utbetaling av kompensasjon. Det blir årleg rapportert om bruken av midlar til EFTAs overvakingsorgan ESA og til Stortinget i samband med budsjettet.

Rapport 2022

Det vart betalt ut 3,54 mrd. kroner i kompensasjon for støtteåret 2021, utbetalt i 2022.

Post 75 Utbetaling for vrakpant til køyretøy og tilskot til kassering av fritidsbåtar, overslagsløyving

Ordninga rettar seg mot resultatområdet Forureining. Tilskot til kommunale anlegg for behandling av kasserte fritidsbåtar ligg under post 63 Returordning for kasserte fritidsbåtar. Post 75 er, som følgje av eksterne konsekvensjusteringar og redusert utbetalingsanslag, redusert med 61,6 mill. kroner i høve til 2023. Foreslått løyving er på 466,4 mill. kroner for 2024.

Mål

Målet med vrakpantordninga for køyretøy er å stimulere bileigarar til å levere utrangerte køyretøy til godkjend biloppsamlingsplass, slik at bilvraket kan takast hand om på ein forsvarleg måte utan å forureine miljøet, og slik at materiala frå det kan vinnast att. Posten dekkjer utbetaling av vrakpant og kostnader ved overføring av vrakpanten til bileigaren.

For enkelte køyretøygrupper som mopedar, lette og tunge motorsyklar, lastebilar, bubilar og campingvogner blir det betalt eit tilskot til behandlingsanlegget der eigaren får ein fastsett del av beløpet for å levere køyretøyet til vraking hos ein godkjend biloppsamlar, medan ein del av beløpet går til behandlingsanlegget for å dekkje kostnadene anlegget har med å miljøsanere vraket.

Frå 1. oktober 2017 vart det utbetalt tilskot til kasserte fritidsbåtar over denne posten. Det blir utbetalt eit beløp på 1 000 kroner per båt til båteigaren. Samstundes blir det utbetalt eit tilskot til verksemda som handterer båtane. Dette beløpet er eit tilskot per kilo båt som blir handtert. I dei tilfella båten blir handtert av eit kommunalt anlegg som ikkje er sjølvstendig rettssubjekt, blir handteringstilskotet betalt ut over post 63.

Kriterium for måloppnåing

Tilskotsordninga skal medverke til auka innlevering av køyretøy og fritidsbåtar som skal vrakast, slik at dei kan takast hand om på ein forsvarleg måte.

Tildelingskriterium

Vrakpanten for køyretøy blir utbetalt av Skatteetaten på vegner av Miljødirektoratet mot kvittering for at bilvraket er levert til godkjend biloppsamlingsplass for behandling. Ordinær vrakpant for 2024 er 3 000 kroner. Vrakpant til dei nye køyretøygruppene og tilskot til handteringsanlegg for desse gruppene blir òg utbetalte av Skatteetaten.

Tilskot til båteigar og tilskot til handtering av kasserte fritidsbåtar blir utbetalte av Miljødirektoratet. Tilskot til kommunale anlegg for handtering av fritidsbåtar blir utbetalte frå post 63.

Oppfølging og kontroll

For å sikre at det kasserte køyretøyet har rett til vrakpant eller tilskot, blir vrakmeldinga for køyretøyet kontrollert mot det sentrale motorvognregisteret. For varebilar og fritidsbåtar blir dokumentasjon frå behandlingsanlegget sjekka av Miljødirektoratet, og for fritidsbåtar er det Senter mot marin forsøpling som gjer dette frå 2024. Kontrollen skjer elles ved kontroll av lager på oppsamlingsplassane og rekneskap med vedlegg.

Rapport 2022

Saman med produsentansvarsordninga for køyretøy bidreg vrakpantordninga for køyretøy til at om lag 95 pst.4 av dei utrangerte bilane blir leverte inn. Dette sikrar at ressursane blir utnytta i ein sirkulær økonomi og farleg avfall handtert miljømessig forsvarleg. Av dette blir om lag 84 pst. materialattvunne og 4 pst. av delane går til ombruk. I 2022 vart det samla inn i overkant av 124 000 bilvrak, som er ein nedgang frå året før. Talet på vrak svingar frå år til år, men har minka dei siste åra. Det var samla inn 638 lastebilar i klasse N2 (601 i 2021), 601 lastebilar i klasse N3 (601 i 2021), 4 397 mopedar og motorsyklar (4 425 i 2021), 2 788 campingvogner (3 189 i 2021) og 247 bubilar i 2022 (217 i 2021).

Tilskotsordninga for kasserte fritidsbåtar har vore effektiv for å sikre innlevering av fritidsbåtar, noko som sørgjer for at ressursane blir utnytta i ein sirkulær økonomi, og redusert forsøpling og forureining. Evalueringa av ordninga frå 2019 peiker på at mangelen på eit register over fritidsbåtane gjer det vanskeleg å føre kontroll med at det faktisk er båteigaren som leverer båten. Det har vore døme på misbruk.

Det vart utbetalt tilskot til om lag 10 150 båteigarar i 2022. I 2021 vart det utbetalt tilskot til om lag 10 600 båteigarar. Det er ved utgangen av 2022 etablert 250 handteringsanlegg for små kasserte fritidsbåtar, medan det er 76 handteringsanlegg for større kasserte fritidsbåtar over 15 fot. Det er utbetalt om lag 48,5 mill. kroner til behandling av kasserte fritidsbåtar i 2022, medan det vart utbetalt 44,0 mill. kroner i 2021.

Post 76 Refusjonsordningar, overslagsløyving

Posten dekkjer ulike refusjonsordningar retta mot resultatområda Forureining og Klima. Posten er redusert med 19,7 mill. kroner til 247,8 mill. kroner for 2024.

Samla er det i 2024 budsjettert med 67,8 mill. kroner til refusjonar for spillolje og om lag 180 mill. kroner til refusjon av avgift på hydrofluorkarbon (HFK) og perfluorkarbon (PFK).

Refusjon av smørjeoljeavgifta

Mål

Ordninga rettar seg mot resultatområdet Forureining. Målet med ordninga er å stimulere til auka innlevering av spillolje til miljøgodkjend behandling. Spillolje er brukt smørjeolje og transformatorolje og er klassifisert som farleg avfall. Smørjeolje er, med unntak av enkelte bruksmåtar, pålagd smørjeoljeavgift, jf. St.prp. nr. 1 (2007–2008) Skatte-, avgifts- og tollvedtak, kap. 5542, post 71.

Kriterium for måloppnåing

Kriterium for måloppnåing er totalt innsamla kvantum av spillolje.

Tildelingskriterium

Det blir utbetalt refusjon for dei fleste typane brukt smørjeolje og andre brukte oljar (transformatoroljar og anna) med tilsvarande eigenskapar, med unntak av mellom anna spillolje som kjem frå større skip (større enn 76 meter / 250 fot) i internasjonal sjøfart. Refusjonen blir utbetalt til større mottaksanlegg (tankanlegg) med førehandstilsegn frå Miljødirektoratet. I tilsegna er det fastsett ein del vilkår som refusjonsmottakaren har plikt til å rette seg etter. Krav om utbetaling blir kontrollerte opp mot førehandstilsegna.

Refusjonssatsen blir fastsett årleg av Miljødirektoratet med utgangspunkt i nivået på smørjeoljeavgifta.

Oppfølging og kontroll

Miljødirektoratet bruker ein tredjepart til å kvalitetssikre og kontrollere søknadene om refusjon. Miljødirektoratet gjennomfører tilsyn ved nokre refusjonsanlegg kvart år. Ved kontroll av mottaksanlegga dei siste åra er det konstatert enkelte brot på ordninga for refusjonar. Miljødirektoratet følgjer opp brota ved å nekte refusjonsutbetaling eller krevje tilbakebetaling av feilaktig utbetalte refusjonar. Strengare reaksjonar som tilbaketrekking av tilsegna eller melding til politiet blir òg vurderte i alvorlege tilfelle.

Rapport 2022

Innsamlingsgraden for spillolje (med og utan rett til refusjon) har vore stabil dei siste åra og er berekna til i underkant av 90 pst. Effekten av refusjonsordninga for brukt smørjeolje er god og sikrar forsvarleg handtering av dette avfallet. I 2022 vart det totalt samla inn i underkant av 25 000 m3 olje som har krav på refusjon. Det vart i 2022 utbetalt om lag 61,2 mill. kroner i refusjon. Refusjonssatsen var på 2,70 kroner per liter.

Refusjon av avgift på hydrofluorkarbon (HFK) og perfluorkarbon (PFK)

Mål

Ordninga rettar seg mot resultatområdet Klima. Refusjonsordninga er heimla i forskrift 1. juni 2004 nr. 930 om gjenvinning og behandling av avfall (avfallsforskrifta) kapittel 8. Hydrofluorkarbon (HFK) blir i første rekkje nytta i kjøle- og fryseanlegg, varmepumper og mobil luftkondisjonering.

Formålet med ordninga er å redusere utslepp til luft av HFK og PFK. Gassane er klimagassar, og reguleringa av desse er ein del av strategien for å redusere utsleppa av klimagassar i samsvar med Parisavtalen. Ordninga med avgift og refusjon skal medverke til meir bruk av miljøvennlege kuldemedium og mindre bruk av dei HFK- og PFK-gassane som har høgast klimaverknad (globalt oppvarmingspotensial), stimulere til produktutvikling, styrkje arbeidet med å hindre lekkasjar og stimulere til innsamling og forsvarleg behandling av brukt gass. Målgruppa for refusjonsordninga er aktørar som har avfallsgass eller kassert utstyr som HFK- eller PFK-gass.

Tildelingskriterium

Forskrifta inneber at kuldebransjen og andre som leverer HFK og PFK til godkjent destruksjonsanlegg, kan krevje refusjon av avgift på HFK og PFK. Føresetnaden er dokumentasjon som viser kva mengd og typar av HFK og PFK som er leverte og forsvarleg destruerte.

Det blir utbetalt refusjon for den mengda HFK og PFK som er levert til godkjent anlegg for destruksjon. Refusjonssatsane vil vere like dei gjeldande differensierte avgiftssatsane for avgifta på HFK og PFK ved innleveringstidspunktet, jf. Stortingets årlege avgiftsvedtak og forskrift 11. desember 2001 nr. 1451 om særavgifter § 3-18-2.

Oppfølging og kontroll

Miljødirektoratet fører tilsyn med refusjonsordninga, jf. avfallsforskrifta § 17-3. Mengda HFK og PFK som blir samla inn og send til destruksjon, varierer mykje frå år til år. Grunnen er spesielt at hos den største aktøren som nyttar ordninga, blir gassen innsamla på store tankar. Når ein tank er full, blir han send til forsvarleg destruksjon. Kvar tank som blir send til destruksjon, utløyser med avgiftssatsen vi har i dag, 25–30 mill. kroner i refusjon, avhengig av samansetjinga av gassane i tanken.

Rapport 2022

I 2022 vart det utbetalt eit samla refusjonsbeløp på 140 mill. kroner som følgje av at seks tankar med gass vart leverte til destruksjon, og noko mindre volum av HFK-gass frå hushaldskjølemøbel som vart tappa av på same anlegget som gassen vart destruert. Utbetaling av refusjonar har halde seg på eit høgt nivå dei siste åra fordi avgiftssatsen har auka, og som eit resultat av at meir gass, særleg av dei med høg avgiftssats, har blitt samla inn og destruert.

Innhaldet i tankane er i all hovudsak ulike blandingar av HFK-gassar, sidan PFK-gassar er svært lite brukte i Noreg. Det vart destruert gass tilsvarande om lag 180 000 tonn CO2-ekvivalentar i 2022.

Post 77 Ymse organisasjonar og stiftelsar m.m.

Posten er tredelt, jf. omtale under. Midlane er retta mot resultatområda Naturmangfald, Friluftsliv, Forureining og Klima. Løyvinga er auka med 0,9 mill. kroner i prisjustering til 15,3 mill. kroner.

Frivillige miljøorganisasjonar og allmennyttige stiftelsar innanfor forureiningsområdet

Mål

Tilskotsordninga skal medverke til å halde i gang eit utval av demokratisk oppbygde, landsomfattande organisasjonar med arbeid mot forureining som formål for å sikre frivillig engasjement og styrkje medverknaden i miljøspørsmål lokalt, regionalt og nasjonalt, basert på fagleg innsikt.

Målet er òg å påverke produksjons- og forbruksmønsteret ved å byggje opp og formidle kompetanse om miljøvennleg produksjon og forbruk og stimulere til berekraftig praksis i næringsliv, hushald og offentleg verksemd.

Tildelingskriterium

Storleiken på driftstilskota blir fastsett mellom anna ut frå ei vurdering av aktivitetsnivået til organisasjonane nasjonalt og lokalt, økonomien deira og alternative høve til finansiering, saman med medlemstalet i organisasjonane.

Ordninga omfattar tilskot til

  • Norsk vannforening (423 000 kroner)

  • Norsk forening mot støy (1,313mill. kroner)

  • LOOP (612 000 kroner)

  • Foreininga Hold Norge Rent (2,267 mill. kroner)

  • Den europeiske standardiseringsorganisasjonen (CEN) for arbeid med å lage ein ny standard for måling av utslepp frå vedomnar (225 000 kroner)

Det er ein føresetnad at organisasjonane og stiftelsane sender inn søknad om tilskot. Det blir fortløpande vurdert om organisasjonane og stiftelsane tilfredsstiller kriteria for å få støtte.

Oppfølging og kontroll

Tilskotsmottakarar bli følgde opp for å kontrollere at midlane blir nytta som føresett, og at tiltak blir gjennomførte. Oppfølging og kontroll går for seg ved generell formalia- og sannsynskontroll av innsende rapporteringar.

Rapport 2022

Midlane er brukte til grunnstøtte til drift, opplæringstiltak og informasjonstiltak og førebyggjande arbeid generelt i dei ulike organisasjonane.

Miljømerking, miljøvennleg forbruk og forbrukarinformasjon

Mål

Ombruk, miljømerking og standardar for miljøleiing, produkt og tenester er viktige verktøy i ein førebyggjande miljøpolitikk. Standardisering inneber utarbeiding av krav og spesifikasjonar for varer, tenester, prosessar og verksemder. Miljømerking skal gje informasjon til og gjere forbrukarar, næringsliv og offentlege verksemder medvitne om miljøvennlege val. Dei offisielle miljømerkeordningane som Svana og Blomen er eit viktig supplement til lovpålagde krav og medverkar til redusert bruk av prioritetslistestoff. Merkeordningane er nærmare omtalte i budsjettproposisjonen til Barne- og familiedepartementet. Ombruk er eit godt miljøtiltak for å redusere avfall og forbruk og bidreg til måloppnåing for fleire av FNs berekraftsmål. Ordninga omfattar driftstilskot til Stiftelsen Miljømerking (1,347 mill. kroner) og Standard Norge (1,796 mill. kroner).

Kriterium for måloppnåing

Klima- og miljødepartementet føreset at midlane blir nytta til å intensivere arbeidet med verkemiddel som fremjar prioriterte miljø- og berekraftsmål. Innan standardiseringsarbeidet er det viktig med arbeid knytt til europeiske og internasjonale standardar som er særleg relevante for miljøleiing og klima- og miljøomsyn i produkt og tenester. For miljømerking er det sentralt med utvikling av miljøkriterium, slik at fleire produktgrupper blir merkte. Det skal særleg leggjast vekt på å utvikle og vidareutvikle kriteriesett for produktgrupper som fører til stor miljøbelastning. Det skal òg leggjast vekt på tiltak for å få fleire produsentar til å søkje om merket innanfor områda der det er utvikla kriterium, og for å gje forbrukarar informasjon om spekteret av miljømerkte produkt på marknaden.

Tildelingskriterium

Tildeling av midlar er basert på resultata organisasjonane hadde føregåande år, og ein konkret søknad om midlar for kommande periode, sett opp mot prioriterte nasjonale miljø- og berekraftsmål.

Oppfølging og kontroll

Drifts- og prosjekttilskota blir følgde opp gjennom krav som blir fastsette i kvart enkelt tilsegnsbrev. Det blir motteke årsrapport og/eller rekneskapsoversikt for alle tilsegner, i tillegg til at det er fagleg kontakt med dei enkelte tilskotsmottakarane.

Rapport 2022

Midlane til Stiftelsen Miljømerking er brukte til å utvikle miljømerkingskrav for nye produktområde, skjerpte krav for eksisterande produktområde og til å auke kunnskapen om, kjennskapen til og aksepten av miljømerkinga. Midlane til Standard Norge er brukte til arbeid knytt til europeiske og internasjonale standardar som er særleg relevante for klima- og miljøomsyn i produkt og tenester. Midlane til Omatt – Bransjeforeningen for idéelle gjenbruksaktører er brukte til å gjennomføre kurs for frivillige medarbeidarar om drift av gjenbruksbutikkar og til lover og avtaleverk som er relevante for slik verksemd.

Naturfaglege organisasjonar

Mål

Ordninga skal medverke til å halde i gang eit utval av demokratisk oppbygde, landsomfattande organisasjonar innanfor naturområdet for å sikre frivillig engasjement og styrkje medverknaden i miljøspørsmål lokalt, regionalt og nasjonalt, basert på fagleg innsikt.

Tildelingskriterium

Storleiken på driftstilskota blir fastsett mellom anna ut frå ei vurdering av aktivitetsnivået til organisasjonane nasjonalt og lokalt, økonomien deira og alternative høve til finansiering, saman med medlemstalet i organisasjonane.

Det er rekna med tilskot til

  • Foreningen Våre Rovdyr (402 000 kroner)

  • Norsk Biologforening (326 000 kroner)

  • Norsk Botanisk Forening (326 000 kroner)

  • Norsk entomologisk foreining (316 000 kroner)

  • BirdLife Norge (2,506 mill. kroner)

  • Norges sopp- og nyttevekstforbund (3,130 mill. kroner, inkludert 2,5 mill. kroner til soppkontroll)

  • Norsk Zoologisk Forening (287 000 kroner)

Tilskot til den enkelte organisasjonen blir utbetalt etter søknad.

Oppfølging og kontroll

Tilskotsmottakarar blir følgde opp med kontroll av at midlane blir nytta som føresett, og at tiltak blir gjennomførte. Oppfølging og kontroll går for seg ved generell formalia- og sannsynskontroll av innsende rapporteringar. I tillegg kjem fagleg kontakt med dei enkelte tilskotsmottakarane.

Rapport 2022

Midlane vart nytta til grunnstøtte til drift, informasjonsverksemd og prosjekt i dei ulike organisasjonane.

Post 78 Friluftslivsformål, kan overførast

Posten er retta mot resultatområdet Friluftsliv.

Foreslått løyving er på 205,9 mill. kroner, ein auke på 13,6 mill. kroner frå 2023. Av auken er 12,3 mill. kroner prisjustering og resterande 1,3 mill. kroner lagde inn til førebuing av Friluftslivets år 2025 i organisasjonen Norsk Friluftsliv.

Til posten ligg fleire tilskotsordningar som er omtalte under.

Det er behov for ei tilsegnsfullmakt på 28 mill. kroner, der 3 mill. kroner er knytte til tilskot til kjøp og reparasjonar av båtar i Skjærgårdstjenesten, og dessutan ein eittårig auke på 25 mill. kroner til aktivitetar og tiltak i Friluftslivets år 2025, jf. forslag til vedtak VI.

Friluftslivsaktivitet

Tilskot til friluftslivsaktivitet har ei ramme på 61,3 mill. kroner, ein auke på 4 mill. kroner frå 2023. Auken er mellom anna grunngjeven i at det øyremerkte tilskotet til DNT for drift og utvikling av UT.no på 2 mill. kroner er avvikla og midlane overførte til denne tilskotsordninga.

Andelen til ordninga på 25 mill. kroner av tilsegnsfullmakta på posten i 2024 gjer det hausten 2024 mogleg å gje tilsegner om midlar frå tilskotsordninga til tiltak og aktivitetar i regi av lag og foreiningar i samband med Friluftslivets år 2025. Miljødirektoratet vil gjennomføre ein eigen søknadsprosess for dette i 2024. Fordelinga av tilsegner skal skje i dialog med Norsk Friluftsliv.

Mål

Målet med ordninga er å medverke til auka deltaking i helsefremjande, trivselsskapande og miljøvennleg friluftsliv for alle grupper i befolkninga.

Kriterium for måloppnåing

Måloppnåinga blir vurdert ut frå om tildelte tilskot medverkar til auka deltaking i helsefremjande, trivselsskapande og miljøvennleg friluftsliv for alle grupper i befolkninga, med vekt på dei gruppene som er særskilt prioriterte i ordninga.

Tildelingskriterium

Frivillige medlemsorganisasjonar som er registrerte i Einingsregisteret, og som arbeider med aktivitetsfremjande tiltak for friluftsliv, og interkommunale friluftsråd kan søkje om midlar frå ordninga. Det blir primært gjeve tilskot til friluftslivsaktivitet. Det er òg mogleg å få støtte til enkelt materiell og utstyr når dette medverkar til å fremje den friluftslivsaktiviteten det blir søkt om tilskot til. Det kan dessutan bli gjeve tilskot til informasjonstiltak om rettar og plikter etter allemannsretten. Det kan vidare bli gjeve tilskot til informasjonstiltak som medverkar til å fremje friluftslivsaktivitet, irekna også utvikling av digitale konsept. Det blir ikkje gjeve midlar til kostnadskrevjande utstyr, utstyrssentralar eller supplering av utstyrslager.

Desse typane aktivitetar blir prioriterte:

  • aktivitetar som er lite ressurskrevjande og lett tilgjengelege for ulike brukargrupper

  • tiltak som blir gjennomførte i nærmiljøet med særleg vekt på byar og tettstader

  • tiltak som medverkar til auka deltaking i friluftsliv over tid

  • støtte av det frivillige arbeidet i friluftslivsorganisasjonane

Personar som er lite fysisk aktive, barn, unge og barnefamiliar, personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne er prioriterte.

Oppfølging og kontroll

Tilskotsmottakarar blir følgde opp med kontroll av at midlane blir nytta som føresett, og at tiltaka blir gjennomførte. Kontrollen overfor tilskotsmottakarar går for seg gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av innsende rapportar.

Rapport 2022

Totalt vart det i 2022 gjeve 46,1 mill. kroner i tilskot til lag og organisasjonar som arbeider med aktivitetsfremjande tiltak for friluftsliv. Av dette fekk landsomfattande friluftslivsorganisasjonar 23,05 mill. kroner direkte frå Miljødirektoratet, medan lokale og regionale lag og organisasjonar fekk 23,01 mill. kroner frå fylkeskommunane. Totalt kom det inn 765 søknader om statleg støtte frå posten, og det totale søknadsbeløpet var på 119,4 mill. kroner.

Midlane er i all hovudsak brukte til å støtte tiltak for barn, unge og barnefamiliar, tiltak som stimulerer nye grupper til å delta i friluftslivsaktivitetar, til dømes personar med nedsett funksjonsevne og etniske minoritetar i Noreg, og tiltak som medverkar til å utvikle samarbeidet mellom friluftsliv og kulturminne. Tilskota har medverka til at ei rekkje barn, unge og familiar har fått positive opplevingar og betre kunnskap om friluftsliv. Døme på tiltak som fekk tilskot frå Miljødirektoratet, er Friluftsrådenes Landsforbunds prosjekt «Læring i friluft» og «Friluftsliv og folkehelse» og Norsk Friluftslivs prosjekt «Friluftslivets uke». Det er òg gjeve tilskot til Norges sopp- og nyttevekstforbund til «Soppens dag», til Norsk Botanisk Forening sitt arrangement «Villblomstenes dag», til Norges Naturvernforbunds prosjekt «Opplev naturen – livsgrunnlaget vårt» og til Mental Helse Ungdom sitt tiltak «Frisk Pust og Mestring». 12,08 mill. kroner vart tildelte Norsk Friluftsliv, som fordelte dette vidare til sine eigne medlemsorganisasjonar.

Friluftslivsaktivitet for personar med innvandrarbakgrunn

Ordninga vart avvikla i 2023, og personar med innvandrarbakgrunn vart frå 2023 ei av dei prioriterte gruppene i tilskotsordninga Friluftslivsaktivitet.

Rapport 2022

Ordninga hadde ei ramme på 10 mill. kroner i 2022. Totalt var det 19 søkjarar som til saman søkte om 14,5 mill. kroner. 18 av dei 19 laga og organisasjonane som søkte, vart tildelte tilskot.

Tiltaka omfatta tilbod om turar og aktivitetar, men òg tiltak for inkludering og opplæring av personar med innvandrarbakgrunn til å bli leiarar i lag og organisasjonar. Leiarar med innvandrarbakgrunn er viktige for vidare rekruttering av personar med innvandrarbakgrunn.

Døme på tiltak er Wild Xs ungdomsprosjekt «Wild X aktivitetsprogram» med opplæring og tilbod om turar knytte til jakt, fiske og anna friluftsliv, Friluftsrådenes Landsforbunds prosjekt «Friluftsrådenes friluftstiltak for innvandrere», Multikulturelt initiativ og ressursnettverk (MIR) sitt tiltak «Innvandrerfamilier ut i naturen», Den Norske Turistforenings prosjekt «Nøkkelen til inkludering i DNT», Raudekrossens prosjekt «Til Topps lokalt» og Skiforeningens tiltak «Friluftsglede for alle».

Driftsstøtte til friluftslivsorganisasjonar

Ordninga har ei ramme på 46,19 mill. kroner, ein auke på 4,7 mill. kroner frå 2023.

Mål

Målet med tilskotsordninga er å styrkje interessa for deltaking i friluftsliv i allmenta gjennom det arbeidet som skjer i dei store friluftslivsorganisasjonane og dei lokale laga og foreiningane deira.

Friluftsrådenes Landsforbund (FL) er paraplyorganisasjonen for dei interkommunale friluftsråda. Det er for tida 28 interkommunale friluftsråd. Det er sett av 19 mill. kroner i administrasjonsstøtte til FL og dei interkommunale friluftsråda. Det er eit mål at flest mogleg kommunar er med i eit interkommunalt friluftsråd.

Norsk Friluftsliv er paraplyorganisasjon for 18 friluftslivsorganisasjonar med til saman over 950 000 medlemmer. Det er sett av 8,79 mill. kroner i administrasjonsstøtte til Norsk Friluftsliv.

FL, Norsk Friluftsliv og Samarbeidsrådet for naturvernsaker (SRN) har etablert fylkesvise samarbeidsnettverk for natur og friluftsliv (FNF – Forum for natur og friluftsliv). Til FNF er det sett av 15 mill. kroner i administrasjonsstøtte.

Organisasjonen Wild X tilbyr friluftslivsaktivitetar med personar med innvandrarbakgrunn i alderen 12–25 år som hovudmålgruppe. Det er sett av 1,7 mill. kroner i administrasjonsstøtte til Wild X.

Tjukkasgjengen driv med lågterskeltilbod innanfor friluftsliv og fysisk aktivitet, og hovudmålgruppa er personar som er lite fysisk aktive. Det er sett av 1,7 mill. kroner i administrasjonsstøtte til Tjukkasgjengen.

Kriterium for måloppnåing

Vurderinga av måloppnåinga til organisasjonane skjer gjennom rapporteringa og i dei årlege kontaktmøta Miljødirektoratet har med desse organisasjonane.

Oppfølging og kontroll

Tilskotsmottakarar blir følgde opp med tanke på at midlane blir nytta som føresett, og at tiltak blir gjennomførte. Kontrollen overfor tilskotsmottakarar går for seg gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av innsende rapportar og gjennom eit årleg kontaktmøte med kvar organisasjon.

Rapportering om bruk av tilskotsmidlar skjer i årlege kontaktmøte med FL, Norsk Friluftsliv, FNF, Wild X og Tjukkasgjengen.

Rapport 2022

I 2022 vart det løyvd 39,02 mill. kroner i statleg driftsstøtte til fem nasjonale friluftsorganisasjonar. Totalt vart det tildelt 16,95 mill. kroner til FL og interkommunale friluftsråd i 2022. Midlane er nytta til drift, til å styrkje arbeidet i FL, til å utvide FL sitt engasjement geografisk og gjev FL og friluftsråda eit bidrag til å halde i gang ei god drift. Det er stor interesse for interkommunalt samarbeid om friluftsråd, og i 2022 var det 28 interkommunale friluftsråd med 228 medlemskommunar. Friluftsråda femner no om over 80 pst. av befolkninga i heile landet.

Det vart i 2022 inngått avtale med grunneigarar om 61 km med nye turstiar, skiløyper og turvegar, og friluftsråda har saman med medlemskommunane arbeidd med å sikre 31 nye friluftsområde. Det er tilrettelagt 182 km med nye turstiar og mellom anna bygd 18 nye toalett, 10 nye bryggjer og 9 nye parkeringsplassar.

FL og friluftsråda har også i 2022 hatt stor aktivitet. Friluftsråda har hatt opne turar med 14 750 deltakarar, tiltak for barn og ungdom med 38 200 deltakarar og tiltak for personar med minoritetsbakgrunn med 12 200 deltakarar. Friluftsråda har framleis stor innsats retta mot friluftsliv og bruk av naturen i læringsarbeidet i barnehage og skule, og 6 300 lærarar og barnehagetilsette var på kurs i regi av FL og friluftsråda i 2022. Friluftsråda engasjerer seg òg i arbeidet med å ta vare på arealgrunnlaget for friluftsliv, gjennom deltaking i fylkesvise Forum for natur og friluftsliv og gjennom fråsegner i ulike arealsaker. I arbeidet med forsøpling har friluftsråda engasjert 27 800 frivillige som har samla inn 1 390 tonn søppel. Turaktivitetar og turregistreringsopplegga viser ein liten nedgang etter koronaåret 2021, men likevel har 98 000 personar delteke og samla gått 1,8 mill. turar.

Friluftsråda forvaltar 825 offentleg eigde friluftsområde med omfattande oppgåver knytte til mellom anna skjøtsel, vask av toalett og bosshandtering og forvaltar over 2 950 km turstiar, 268 km turvegar og 340 km skiløyper.

Norsk Friluftsliv vart tildelt 7,57 mill. kroner i administrasjonsstøtte. Norsk Friluftsliv får dessutan aktivitets- og prosjektmidlar frå Miljødirektoratet for vidare tildeling til sentralledda i Norsk Friluftsliv sine medlemsorganisasjonar. Arbeidet omfattar i stor grad påverknads- og informasjonsarbeid overfor offentlege styresmakter og andre organisasjonar, med sikte på å skape best mogleg vilkår for friluftslivet.

Forum for natur og friluftsliv (FNF) vart i 2022 tildelt 13,5 mill. kroner i administrasjonsstøtte via sekretariatet med sentral leiing av organisasjonen. Arbeidsgjevaransvaret er plassert sentralt for alle tilsette. Statleg tilskot bidreg til at FNF ved utgangen av 2022 har 16 lokale FNF med i alt 18 fulltidsstillingar som koordinatorar og ei stilling sentralt som dagleg leiar. FNF-koordinatorane gjer eit stort og viktig arbeid for natur- og friluftsinteressene i dei enkelte fylka.

Wild X fekk i 2022 utbetalt 1,5 mill. kroner i driftsstøtte. Statleg driftsstøtte og aktivitetstilskot bidreg til at mange barn og unge med innvandrarbakgrunn får eit godt tilbod om å delta i friluftslivsaktivitetar. Organisasjonen er under stadig utvikling, mellom anna med oppretting av fleire lokallag.

Tjukkasgjengen fekk i 2022 utbetalt 1,5 mill. kroner i driftsstøtte. Organisasjonen arbeider med å skape aktivitet, særleg gjennom å motivere og støtte lokale «chapter».

Tiltak i statleg sikra friluftslivsområde og område verna som friluftslivsområde etter markalova

Ordninga har ei ramme på 36,1 mill. kroner, ein auke på 2,5 mill. kroner frå 2023.

Mål

Målet med ordninga er å fremje friluftslivsaktivitet i statleg sikra friluftslivsområde og område verna som friluftslivsområde etter markalova gjennom naturvennleg tilrettelegging og skjøtsel, slik at områda blir tilgjengelege og attraktive.

Kriterium for måloppnåing

Måloppnåinga blir vurdert ut frå om tildelt tilskot bidreg til tilrettelegging og skjøtsel i samsvar med godkjende forvaltningsplanar i dei statleg sikra friluftslivsområda og område verna som friluftslivsområde etter markalova.

Tildelingskriterium

Kommunar og interkommunale friluftsråd med forvaltningsansvar for statleg sikra friluftslivsområde og forvaltningsansvarleg for friluftslivsområde verna etter markalova kan søkje om tilskot frå ordninga.

Det blir tildelt tilskot til tilrettelegging som har eitt eller fleire av desse måla:

  • minske dei fysiske hindringane for friluftsliv og leggje til rette for auka friluftslivsaktivitet for alle

  • ta vare på opplevingskvalitetane i området og leggje til rette for gode naturopplevingar

  • hindre at friluftsliv fører til unødige naturinngrep, slitasje og forstyrring av plante- og dyrelivet, kulturminne og kulturmiljø

Tilskot kan berre bli gjevne der tiltaket inngår i ein gjeldande og godkjend forvaltningsplan knytt til tilrettelegging av sikra friluftslivsområde. For område verna som friluftslivsområde etter markalova er det eit vilkår at tiltaka er i tråd med markalova, verneforskrift og eventuell forvaltningsplan for området.

Oppfølging og kontroll

Tilskotsmottakarar blir følgde opp med tanke på at midlane blir nytta som føresett, og at tiltak blir gjennomførte. Kontrollen overfor tilskotsmottakarar går for seg gjennom generell formalia- og sannsynskontroll i fylkeskommunane av innsende rapportar.

Rapport 2022

Budsjettet for 2022 var 32,6 mill. kroner, som vart tildelt fylkeskommunane for vidare tildeling til kommunar og interkommunale friluftsråd. Fordelinga vart utført på grunnlag av omfanget av sikra friluftslivsområde og om det låg føre forvaltningsplanar for friluftslivsområda som dokumenterte behov for tiltaksmidlar. I gjennomsnitt vart fylka i 2022 tildelte 2,96 mill. kroner. Eit fylke fekk tildelt 8,2 mill. kroner, medan det fylket som fekk minst, vart tildelt 0,58 mill. kroner. I alt fekk fire av fylka tildelt meir enn 4 mill. kroner.

Totalt fekk fylkeskommunane 278 søknader frå kommunar og interkommunale friluftsråd, og totalt søknadsbeløp var 82,4 mill. kroner. Tiltaka var kostnadsberekna til nær 140 mill. kroner, noko som viser at mange søkjarar medverkar sjølve med eigne midlar og dugnadsinnsats. Det vart i 2022 gjeve statleg støtte til 195 ulike tiltak. Ein stor del av tiltaka omfatta universell tilrettelegging slik at fleire grupper av befolkninga får høve til å nytte områda. Dei fleste tilretteleggingstiltaka stimulerer til aktivitet, til dømes etablering og merking av turvegar og stiar. Gjennom ei rekkje nye toalett på friluftslivsområda, skilt- og informasjonstavler, gapahukar, parkeringsplassar, opparbeidingstiltak, baderamper, bord og benker, bålplassar, skjøtselstiltak med vidare har tilskota bidrege til ei oppgradering av mange område til glede for brukarane.

Skjærgårdstjenesten

Ordninga har ei ramme på 37,0 mill. kroner, ein auke på 1,5 mill. kroner frå 2023.

Mål

Ordninga gjev statlege budsjettmidlar til drift av Skjærgårdstjenesten, inkludert kjøp og større reparasjonar av båtar knytte til tenesta og Skjærgårdstjenestens arbeid med tiltak mot marin forsøpling.

Kriterium for måloppnåing

Måloppnåinga blir vurdert mellom anna ut frå talet på friluftslivsområde som er drifta i dei enkelte driftsområda, kor mange dagsverk dei enkelte driftsområda har brukt til fjerning av marin forsøpling, og kor mange dagar dei enkelte driftsområda har brukt til hjelp til Statens naturoppsyn.

Tildelingskriterium

Fordelinga til dei ulike driftsområda i 2024 står i tabellen under. Midlane blir fordelte til fylkeskommunane.

Miljødirektoratet kan i samband med overføring konkretisere vilkår og føresetnader knytte til dei statlege driftstilskota.

Tabell 7.3 Fordeling til driftsområde i Skjærgårdstjenesten

Driftsområde som midlane blir fordelte til

(i 1 000 kr)

Ytre Oslofjord Øst (Østfold fylkeskommune)

3 430

Indre Oslofjord (Akershus fylkeskommune)

3 525

Ytre Oslofjord Vest (Vestfold fylkeskommune)

3 675

Telemark (Telemark fylkeskommune)

3 735

Aust-Agder (Agder fylkeskommune)

3 600

Vest-Agder (Agder fylkeskommune)

4 600

Vestkystparken (Vestland fylkeskommune)

5 600

Møre og Romsdal (Møre og Romsdal fylkeskommune)

1 525

Sum

29 690

5 mill. kroner av løyvinga er øyremerkte til arbeidet med fjerning av marint søppel. Midlane til dette blir fordelte til dei einingane i Skjærgårdstjenesten som søkjer om å få øyremerkte midlar til fjerning av marint søppel. Tildelinga blir samordna med dei ordinære tilskotsmidlane til tiltak mot marin forsøpling.

Resterande midlar under Skjærgårdstjenesten, 2,31 mill. kroner, er øyremerkte tilskot til båtinvesteringar og større akutte båtreparasjonar. Midlane til båtinvesteringar blir tildelte i tråd med vedteken investeringsplan.

Oppfølging og kontroll

Tilskotsmottakarar blir følgde opp for å sikre at midlane blir nytta som føresett, og at tiltak blir gjennomførte. Kontrollen overfor tilskotsmottakarar går for seg gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av rapportar sende til fylkeskommunane.

Rapportering om bruk av tilskotsmidlar blir òg teken opp i møte mellom Miljødirektoratet/fylkeskommunen og Skjærgårdstjenesten i dei tre regionområda, og det skal rapporterast i samband med søknader om tilskot kommande år.

Rapport 2022

Skjærgårdstjenesten hadde i 2022 god drift og gode resultat i alle driftseiningar. Det vart i 2022 også markert at Skjærgårdstjenesten hadde eksistert i 30 år. Tre nye båtar vart tekne i bruk i 2022. Skjærgårdstjenesten har også i 2022 gjennomført tiltak for å utvikle tenesta vidare og bidreg til at dei sjønære friluftslivsområda blir haldne i hevd. Mellom anna er det gjennomført fleire tiltak på kompetansesida, tiltak for oppfølging av nye forskrifter for bygging av mindre lasteskip, tiltak for å styrkje styrings- og rapporteringsrutinane og oppfølging av fylkeskommunane som har den regionale styringa av Skjærgårdstjenesten. Skjærgårdstjenesten er med i Felles Ressurs Register i regi av BarentsWatch.

Nasjonale turiststiar

Ordninga har ei ramme på 10,8 mill. kroner, ein auke på 0,5 mill. kroner frå 2023.

Mål

Tilskotsordninga skal bidra til å vareta opplevings- og naturverdiar, allemannsretten, førebyggjande beredskapsarbeid og tryggleik, lokal verdiskaping og god besøksforvaltning på stiar med stor attraksjonskraft og svært høge besøkstal, der internasjonale turistar utgjer ein stor del av dei besøkjande.

Ordninga skal ikkje leggje til rette for meir utbygging og tiltak enn det som er nødvendig, og alle tiltak skal vere innanfor rammene av allemannsretten og norsk friluftslivstradisjon. Eventuelle byggje- og anleggstiltak skal vere tilpassa landskapet, ha minst mogleg omfang og ta omsyn til natur- og opplevingskvalitetane i området.

Det kan autoriserast inntil 15 Nasjonale turiststiar. Stiar med ekstraordinært stort besøk og der internasjonale turistar utgjer ein stor del, kan bli autoriserte. Vidare må noverande situasjon og framtidige planar i nærområdet til stiane ta omsyn til naturmangfald, friluftsliv, tryggleik og landskapskvalitetar for at stiane skal kunne bli autoriserte. Dei autoriserte stiane skal ha stor opplevingsverdi og attraksjonskraft og skal vere eit utval av stiar og turmål som gjennom heilskapleg besøksforvaltning toler mange besøkjande utan at naturverdiar blir ringare. Vidare skal tryggleiken vere godt vareteken på desse stiane. God lokal forankring av arbeidet og heilskapleg og langsiktig planlegging gjennom god besøksforvaltning som skal munne ut i ein besøksstrategi, er eit av krava for å kunne bli autorisert som Nasjonal turiststi.

Stiar som er autoriserte som Nasjonal turiststi, blir prioriterte ved tildeling av midlar frå ordninga, men å vere autorisert er ikkje eit krav for å få midlar frå ordninga. Stiar som er autoriserte, vil i tillegg få eit årleg grunntilskot på 300 000 kroner, slik at desse stiane får ei føreseieleg forvaltning. Grunntilskotet blir utbetalt frå og med året etter autoriseringa og kan berre nyttast til tiltak som gjev rett til midlar i tilskotsordninga.

Kriterium for måloppnåing

Måloppnåinga blir vurdert ut frå om tilskotet medverkar til redusert slitasje og forsøpling, om det blir færre ulykker og utrykkingar frå hjelpepersonell i samband med ferdsel på stiane, og om tilskotet medverkar til å ta vare på natur- og miljøverdiar på og i tilknyting til stiane. I tillegg vil det bli lagt vekt på om ordninga medverkar til lokal verdiskaping.

Tildelingskriterium

Destinasjonsselskap, kommunar, fylkeskommunar, kommunale eller interkommunale føretak, stiftelsar, frivillige organisasjonar, regionråd og nasjonalpark- og verneområdestyre kan søkje på ordninga. Søknader med vekt på heilskapleg planlegging og samarbeidsrelasjonar mellom reiseliv, frivillige, kommune og forvaltning vil bli prioriterte.

Tilskot blir gjevne til prosjekt som handlar om turstiar med store opplevingskvalitetar der internasjonale turistar utgjer ein stor del av dei besøkjande.

Det skal liggje føre ei prosjektbeskriving for stien og området som det blir søkt om tilskot til.

Alle fysiske tiltak som får tilskot, skal i utgangspunktet vere opne for allmenta. Alle byggje- og anleggstiltak skal vere tilpassa landskapet og natur- og opplevingskvalitetane i området.

Tildelte midlar skal i utgangspunktet brukast til tiltak på og i tilknyting til stiane. Det blir ikkje gjeve tilskot til drift knytt til stiområda.

Det blir berre gjeve tilskot til søkjarar som medverkar med minst 25 pst. eigeninnsats (økonomiske midlar eller arbeidsinnsats som kan dokumenterast).

Prioriterte tiltak:

  • prosjektleiing og planlegging knytt til besøksforvaltning

  • tilrettelegging, utbetring og merking av sti

  • sikringsbuer og andre beredskapstiltak

  • tilrettelegging av tilkomstsoner

  • toalett/sanitæranlegg

  • søppelhandtering

  • informasjonstiltak, under dette også fjellvaktteneste, stipatruljar og vertskap ved til dømes startområdet for stien

Oppfølging og kontroll

Tilskotsmottakarane blir følgde opp med tanke på at midlane blir nytta som føresett, og at tiltak blir gjennomførte. Kontrollen overfor tilskotsmottakarar skjer gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av innsende rapportar.

Rapport 2022

Rapportering for 2022 ligg under post 81.

Andre friluftslivstilskot

Det er sett av 6 mill. kroner til Miljødirektoratets ferdselsåreprosjekt, som har som mål å fremje planlegging, opparbeiding, skilting og merking av samanhengande nettverk av ferdselsårer for friluftsliv i kommunane.

Det er sett av 5 mill. kroner til utvikling av blågrøn infrastruktur i områdesatsingane i Oslo. Dette omfattar Groruddalssatsinga, områdesatsing i Oslo sør og områdesatsing i Oslo indre aust. Områdesatsingane er eit samarbeid mellom Oslo kommune og staten.

Regjeringa stiller seg positiv til at friluftslivsorganisasjonane gjennomfører eit nytt Friluftslivets år i 2025. Det er sett av 3,5 mill. kroner til Norsk Friluftsliv, øyremerkte arbeidet med å planleggje eit nytt Friluftslivets år i 2025. Berekraftig friluftsliv, friluftsliv for alle, friluftsliv i nærmiljøet og verknaden friluftsliv har på fysisk og psykisk helse, vil vere sentrale fokusområde i året. I tillegg vil året løfte fram det frivillige arbeidet i organisasjonane.

Rapport 2022

Miljødirektoratet starta i 2019 eit ferdselsåreprosjekt. Prosjektet har som mål å fremje planlegging, opparbeiding, skilting og merking av samanhengande nettverk av ferdselsårer for friluftsliv i kommunane. I 2022 vart det fordelt 6 mill. kroner i tilskot til dei fylkeskommunane som har ei sentral rolle i prosjektet. Fylkeskommunane etablerer regionale prosjekt for å stimulere kommunane til å utarbeide planar for ferdselsårene til friluftslivet. Planen skal utarbeidast etter Miljødirektoratets rettleiing M-1292 frå 2019, «Plan for friluftslivets ferdselsårer». Så langt i prosjektet har 210 kommunar starta arbeidet med å lage eigne planar. 172 kommunar har gjennomført kartlegging og registrering av eksisterande ferdselsårer i sin kommune, og til no i prosjektet har 42 kommunar vedteke ein plan for ferdselsårene i sin kommune.

Miljødirektoratet har også i 2022 delteke på møte i programstyret for nærmiljø i Områdesatsinga i Oslo og har utbetalt prosjektmidlane for dette prosjektet til Oslo kommune. Det er rapportert for tildelte midlar gjennom den samla rapporteringa for arbeidet til programstyret. Tilskotet har bidrege til utvikling av ei rekkje grøntområde for friluftsliv i dei aktuelle bydelane.

Post 79 Oppryddingstiltak, kan overførast, kan nyttast under postane 39 og 69

Utgiftene på posten må sjåast i samanheng med midlar til same formålet under postane 39 og 69. Midlane er retta mot resultatområdet Forureining. I dei fleste områda som får støtte, stammar forureininga frå langt tilbake i tid, og det er vanskeleg å finne den ansvarlege forureinaren. Foreslått løyving er på om lag 0,5 mill. kroner. Midlane som staten løyver over dei tre postane 39, 69 og 79, er difor nødvendige for at oppryddinga av forureiningane skal bli gjennomført. For dei tre oppryddingspostane er det behov for ei fullmakt til å pådra forpliktingar for framtidige år på til saman 9,3 mill. kroner, jf. forslag til vedtak VII.

Mål

Posten skal nyttast til å dekkje utgifter som kommunale og interkommunale selskap og verksemder, private verksemder og privatpersonar har til å undersøkje og gjennomføre oppryddingstiltak i grunnen på land og i botnen i sjø og vatn som er forureina med helse- og miljøskadelege stoff.

Kriterium for måloppnåing

Både for forureina sjøbotn og for forureina grunn er bruken av midlane knytt til dei nasjonale måla «Forureining skal ikkje skade helse og miljø» og «Utslepp av helse- og miljøfarlege stoff skal stansast».

Tildelingskriterium

Posten skal nyttast til delfinansiering av oppryddingsprosjekt. Prinsippet om at forureinaren betaler, ligg til grunn ved vurderinga av om det skal gjevast tilskot. Sjå òg omtale under kap. 1420, postane 39 og 69.

Oppfølging og kontroll

Kontroll av bruken av midlar skjer mellom anna gjennom dokumentasjon av framdrift og sluttrapport innsend av tilskotsmottakaren.

Rapport 2022

Det blir her rapportert samla for oppryddingsarbeidet finansiert frå postane 39, 69 og 79.

Arbeidet med opprydding i forureina sjøbotn går framover. Fram til no er undersøkingar gjennomførte i dei fleste av dei prioriterte områda, og i fleire av områda har dei viktigaste oppryddingstiltaka starta eller blitt gjennomførte. Arbeidet held òg fram for opprydding i forureina grunn der det trengst. Av dei viktigaste arbeida som vart gjennomførte i 2022, er oppstart av oppryddingsprosjektet i Store Lungegårdsvann i Bergen og ei vidareføring av oppryddinga i Hammerfest hamn som starta opp i 2021.

Post 80 Tilskot til tiltak for å ta vare på natur, kan overførast

Posten var ny i 2023-budsjettet og inneheld tilskotsordningar som er flytta frå post 70, post 81, post 82 og post 83. Tilskotsordningane under posten er retta mot resultatområdet Naturmangfald og Forureining. Foreslått løyving på posten er 144,9 mill. kroner, ein auke på 17,6 mill. kroner frå 2023. Det er lagt inn 10 mill. kroner til ei ny tilskotsordning for naturrestaurering. Det er vidare lagt inn ei samla prisjustering på 8,1 mill. kroner. Til ordninga for nitrogenfjerning frå avløp til Oslofjorden er det lagt inn ein auke på 6 mill. kroner. Frå ordninga for tiltak i utvalde kulturlandskap i jordbruket er 5 mill. kroner omdisponerte til kap. 1410, post 21, til styrking av kunnskapsgrunnlaget innan miljø. Det er teke ut 1 mill. kroner i samsvar med nedtrapping i finansieringsplanen for laksetrapper i Beiarelva. Frå ordninga for tilskot til pollinerande insekt og verdifulle kulturlandskap er det teke ut 0,5 mill. kroner.

Departementet har til vurdering å gjere endringar i måten å innrette tilskotsordningane på under posten med tanke på mogleg iverksetjing i 2025-budsjettet.

Kalking

Til formålet er det sett av 4,1 mill. kroner, ein auke på 0,2 mill. kroner grunna prisjustering.

Mål

Målet med tilskotsordninga er å medverke til å redusere dei negative effektane av sur nedbør på naturmangfaldet i vassdrag.

Kriterium for måloppnåing

God vasskvalitet er hovudkriteriet for måloppnåing. Kriteria og framdriftsplan for desse følgjer av handlingsplanen for kalking.

Tildelingskriterium

Tilskot kan bli gjeve til kjøp, transport og spreiing av kalk, til informasjon om effektar av tiltak som er gjennomførte, og til rettleiing om kalking i vassdrag. Det kan ytast tilskot til prosjekt i område der tolegrensa for menneskeskapt forsuring er overskriden, og der det kan påvisast eller er sannsynleg at skadar på naturmangfaldet kjem av forsuring. I område der tolegrensa ikkje lenger er overskriden, men der tidlegare forsuring har ført til at det opphavlege mangfaldet er borte, kan det bli gjeve tilskot til å setje i stand opphavleg naturmangfald. Det blir ikkje gjeve tilskot til naturleg sure lokalitetar. Ved tildeling av midlar kan det stillast vilkår om at fisket i området blir opna for allmenta etter retningslinjer gjevne av miljøstyresmaktene, og om at søkjaren medverkar med ein viss eigeninnsats. Eigeninnsatsen kan vere delfinansiering eller arbeidsinnsats.

Oppfølging og kontroll

Tilskotsmottakarane blir følgde opp for å sikre at midlane blir nytta som føresett, og at tiltak blir gjennomførte. Kontrollen overfor tilskotsmottakarane går for seg ved generell formalia- og sannsynskontroll av innsende rapportar.

I tillegg skjer resultatkontroll og oppfølging gjennom undersøkingar av vasskvalitet og biologiske forhold i vassdraga.

Rapport 2022

Resultat for 2022 er ført opp under nedlagd post 70.

Anadrom laksefisk

Til formålet er det sett av 19 mill. kroner. Det er lagt inn ei samla prisjustering på 1,1 mill. kroner. Det er samstundes teke ut 1 mill. kroner i samsvar med tidlegare vedteken treårig finansieringsplan for tilskot til bygging av laksetrapper i Beiarelva, slik at tilskotet for 2024 er på 8 mill. kroner. 2024 er siste året av den treårige statlege tilskotsfinansieringa, og det er ikkje lenger behov for tilsegnsfullmakt knytt til formålet.

4 mill. kroner av løyvinga på posten er sett av til mogleg tilskot til den delen av drifta av Tanavassdragets fiskeforvaltning som ikkje kan finansierast gjennom sal av fiskekort grunna restriksjonar på fisket i dette grensevassdraget med Finland.

Mål

Målet med tilskotsordninga er å leggje til rette for bevaring og forvaltning av vill anadrom laksefisk.

Kriterium for måloppnåing

Kriterium for måloppnåing er å medverke til å nå måla for viltlevande anadrom laksefisk.

Tildelingskriterium

Det kan bli gjeve tilskot til tiltak knytte til informasjon om og forvaltning av villaks, sjøaure og sjørøye, inkludert bevarings- og kultiveringstiltak, og til bruksretta FoU-verksemd og overvaking som grunnlag for mellom anna lokal forvaltning av lakse- og sjøaurebestandar. Det kan òg bli gjeve tilskot til tiltak for å betre tilgangen til og høvet til å fiske for allmenta.

Oppfølging og kontroll

Tilskotsmottakarane blir følgde opp for å sikre at midlane blir nytta som føresett, og at tiltak blir gjennomførte. Kontrollen overfor tilskotsmottakar går for seg gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av innsende rapportar.

Rapport 2022

Resultat for 2022 er ført opp under nedlagd post 70.

Generell vassforvaltning

Til formålet er det sett av 15,1 mill. kroner, ein reduksjon på 5,1 mill. kroner. Reduksjonen har tekniske årsaker og skriv seg frå at dei 6 mill. kronene som i 2023-budsjettet vart lagde inn på denne ordninga med formål om å redusere utslepp frå avløp til Oslofjorden, no er flytta til eigen tilskotsordning her på posten, sjå nedanfor.

Det er lagt inn ei samla prisjustering på 0,9 mill. kroner.

Mål

Målet med tilskotsordninga er å leggje til rette for god økologisk og kjemisk tilstand i vatn, jf. vassforskrifta. Restaureringstiltak har prioritet, mellom anna som del av den norske satsinga i FNs tiår for restaurering av økosystema 2021–2030.

Kriterium for måloppnåing

Kriterium for måloppnåing er at tiltaka medverkar til at måla om god økologisk og kjemisk tilstand i vassførekomstane blir nådde. Lokal involvering vil òg vere eit viktig kriterium. Kriteria og framdriftsplan for desse følgjer av vassforskrifta og dei regionale vassforvaltningsplanane og tiltaksprogramma.

Tildelingskriterium

Tilskot kan bli gjeve til tiltak som betrar miljøet i vassområde med særskilde utfordringar. Restaureringstiltak vil bli særleg høgt prioriterte. Det kan òg bli gjeve tilskot til tilrettelegging, organisering og informasjon knytt til arbeidet i vassområde og vassregionar og til utgreiingar og andre tenestekjøp knytte til særskilde utfordringar i vassområda.

Oppfølging og kontroll

Tilskotsmottakarane blir følgde opp for å sikre at midlane blir nytta som føresett, og at tiltak blir gjennomførte. Kontrollen overfor tilskotsmottakar går for seg gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av innsende rapportar.

Rapport 2022

Resultat for 2022 er ført opp under nedlagd post 70.

Tilskot til kommunar langs Oslofjorden til planlegging og prosjektering av nitrogenfjerning

Til formålet er det lagt inn 12,4 mill. kroner. I samband med revidert nasjonalbudsjett 2023 vart løyvinga sett ned med 6 mill. kroner grunna forseinkingar i utbetalingane av tilskot (jf. Prop. 118 S og Innst. 490 S (2022–2023)). Desse blir foreslått gjenløyvde i 2024-budsjettet som eit eingongsbeløp. I tillegg er det lagt inn ei prisjustering på 0,4 mill. kroner.

Mål

Tilskotsordninga er retta mot resultatområdet Forureining og skal bidra til å redusere utslepp av nitrogen frå kommunalt avløp innanfor Oslofjordens nedbørsfelt.

Kriterium for måloppnåing

Kriterium for måloppnåing er å medverke til å nå måla om å betre miljøtilstanden i Oslofjorden og redusere utslepp av nitrogen frå kommunalt avløp til fjorden.

Tildelingskriterium

Miljødirektoratet kan etter søknad tildele tilskot til kommunar og kommunalt eigde selskap. Interesseorganisasjonar kan også søkje på vegner av aktuelle kommunar og selskap.

Tilskot kan gjevast til planlegging og/eller prosjektering av nitrogenfjerning ved avløpsreinseanlegg, vurdering av eigna teknologi for nitrogenfjerning, både mellombelse og permanente løysingar og kompetansehevingstiltak knytte til nitrogenfjerning. Vidare blir det kravd at kommunen / interkommunalt selskap skal bidra med eigeninnsats, at prosjekt skal bidra i arbeidet med å betre miljøtilstanden i Oslofjorden, og at prosjektet skal ha til hensikt å bidra til ei raskare avgjerd om eller innføring av nitrogenfjerning.

Årlege satsingsområde og prioriteringar for tilskotsordninga blir kunngjorde i utlysinga.

Oppfølging og kontroll

Tilskotsmottakarane blir følgde opp for å sikre at midlane blir nytta som føresett, og at tiltak blir gjennomførte. Kontrollen overfor tilskotsmottakar går for seg gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av innsende rapportar.

Tiltak for å ta vare på natur i verdsarvområde

Til formålet er det sett av 12,9 mill. kroner, ein auke på 0,8 mill. kroner grunna prisjustering.

Mål

Målet med tilskot til tiltak i norske verdsarvområde med viktige naturverdiar er å sikre at naturverdiane som låg til grunn for innskriving av områda på Unescos liste, blir bevarte og overførte til kommande generasjonar.

Kriterium for måloppnåing

Måloppnåing blir vurdert ut frå om tilstanden til naturverdiane er i tråd med kriteria for tildeling av verdsarvstatus og forvaltningsplanane for områda.

Tildelingskriterium

Mottakarar er stiftelsane Vegaøyan Verdensarv, Geirangerfjorden Verdsarv og Nærøyfjorden Verdsarvpark. Posten dekkjer òg tilskot til Foreininga Noregs verdsarv til gjennomføring av arrangementet Verdsarvforum. Tilskotet skal gå til konkrete naturtiltak i verdsarvområde og til prosessar som fører fram til slike tiltak.

Ein del av løyvinga er sett av til oppfølging av tiltaksplan for kulturlandskapet i verdsarvområda Vegaøyan og Vestnorsk fjordlandskap. Desse midlane kan søkjast på gjennom ordninga utvalde kulturlandskap i jordbruket som blir forvalta av Landbruksdirektoratet, og er regulert av forskrift om tilskudd til tiltak i Utvalgte kulturlandskap i jordbruket og verdensarvområdene Vegaøyan og Vestnorsk fjordlandskap og Røros bergstad og Circumferensen.

Midlane må sjåast i samanheng med midlar til verdsarvområda i Noreg under kap. 1429, post 79 Tilskot til verdsarven, og med midlar til autoriserte verdsarvsenter i Geiranger og Vega under kap. 1420, post 85.

Oppfølging og kontroll

Resultatkontroll og oppfølging skjer ved at mottakarane av tilskot blir følgde opp av Miljødirektoratet for å sjå til at midlane blir nytta som føresett, og at tiltak blir gjennomførte. Kontrollen overfor tilskotsmottakarar går for seg gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av innsende rapportar.

Rapport 2022

Resultat for 2022 er ført opp under nedlagd post 81.

Tiltak i Utvalde kulturlandskap i jordbruket

Til formålet er det sett av 16,3 mill. kroner, ein reduksjon på 3,8 mill. kroner. Frå ordninga er 5 mill. kroner tekne ut og omdisponerte til kap. 1410, post 21 Miljødata, til generell styrking av kunnskapsgrunnlaget innan miljø. I prisjustering er det lagt inn 1,2 mill. kroner.

Ordninga omfattar midlar til oppfølging av ordninga Utvalde kulturlandskap i jordbruket. Utvalde kulturlandskap i jordbruket er ei felles nasjonal satsing mellom landbruks- og miljøstyresmaktene frå 2009. Talet på område innanfor denne frivillige ordninga har stige sidan starten, og ordninga omfattar no 51 område fordelte over heile Noreg.

Mål

Formålet med tilskot til tiltak i Utvalde kulturlandskap er å bidra til å sikre verdiar knytte til landskap, biologisk mangfald, kulturminne og kulturmiljø og under dette sikre langsiktig skjøtsel og drift.

Kriterium for måloppnåing

Måloppnåing blir vurdert ut frå om tilstanden til verdiane som er omfatta av formålet og forvaltninga av områda, er i tråd med kriteria for å bli med i utvalde kulturlandskap i jordbruket.

Tildelingskriterium

Eit nasjonalt sekretariat leidd av Landbruksdirektoratet, saman med Miljødirektoratet og Riksantikvaren, følgjer forvaltninga av områda i samarbeid med fylka. Kommunane fekk frå 1. januar 2020 ansvaret for administrasjon, tilskotsforvaltning og prioritering av tiltak i samråd med områdeutval i dei enkelte områda. Midlane blir tildelte med grunnlag i godkjende forvaltningsplanar. Landbruks- og miljøvernavdelingane hos statsforvaltarane, i samarbeid med regional kulturmiljøforvaltning, er sentrale faglege rådgjevarar for ordninga. Landbruksavdelingane koordinerer fylkesvise budsjettinnspel og rapportering frå ordninga til nasjonale styresmakter.

Oppfølging og kontroll

Budsjettramma for ordninga blir forvalta gjennom Landbruksdirektoratet. Kommunane behandlar søknader og tildeler midlar, medan statsforvaltaren kontrollerer og rapporterer til nasjonale styresmakter gjennom landbruksforvaltninga sitt forvaltningssystem for tilskot (Agros). Kontrollen av tilskotsmottakarar skjer gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av innsende rapportar.

Fylkesvis rapportering utgjer grunnlaget for årleg rapport for ordninga frå dei tre samarbeidande direktorata til Landbruks- og matdepartementet og Klima- og miljødepartementet.

Rapport 2022

Resultat for 2022 er ført opp under nedlagd post 81.

Tiltak i kulturlandskapsområde registrerte som verdifulle kulturlandskap

Til formålet er det sett av 1,2 mill. kroner, ein auke på 0,1 mill. kroner grunna prisjustering.

Mål

Målet med ordninga er å sikre berekraftig forvaltning av norske kulturlandskap som inngår i Nasjonal registrering av verdifulle kulturlandskap.

Kriterium for måloppnåing

Måloppnåing blir vurdert ut frå om tiltaka sikrar naturmangfaldet i kulturlandskapsområde med store naturverdiar.

Tildelingskriterium

Det er utvikla eit eige sett med kriterium for tildeling med ei liste over prioriterte område som kan søkje om tilskot. Blant søknader som gjeld tilskot til tiltak i kulturlandskapsområde registrerte som verdifulle kulturlandskap, vil dei som er forankra i ein skjøtsels- eller tiltaksplan, bli prioriterte.

Oppfølging og kontroll

Tilskotsmottakarane blir følgde opp med tanke på at midlane blir nytta som føresett, og at tiltak blir gjennomførte. Kontrollen overfor tilskotsmottakarar skjer gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av innsende rapportar.

Rapport 2022

Resultat for 2022 er ført opp under nedlagd post 81.

Tiltak for ville pollinerande insekt

Til formålet er det sett av 2,8 mill. kroner. Det er teke ut 0,5 mill. kroner som vart lagde inn som ein auke med fem års varigheit i 2019-budsjettet. Samstundes er 0,2 mill. kroner lagde inn i prisjustering, slik at samla endring i høve til 2023 er ein reduksjon på 0,3 mill. kroner.

Mål

Målet med ordninga er å medverke til å sikre eller betre leveområda for ville pollinerande insekt.

Kriterium for måloppnåing

Måloppnåinga blir vurdert ut frå om tiltaka sikrar gode leveområde for ville pollinerande insekt.

Tildelingskriterium

Søknader som gjeld areal med førekomst av mange artar eller artar på raudlista, vil bli prioriterte.

Oppfølging og kontroll

Mottakarane av tilskot blir følgde opp med tanke på at midlane blir nytta som føresett, og at tiltak blir gjennomførte. Kontrollen skjer gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av innsende rapportar.

Rapport 2022

Resultat for 2022 er ført opp under nedlagd post 81.

Trua artar

Til formålet er det sett av 14,3 mill. kroner, ein auke på 0,9 mill. kroner grunna prisjustering.

Mål

Målet med tilskotsordninga er å medverke til å gjennomføre tiltak for å ta vare på trua plante- og dyreartar, under dette artar som er valde ut som prioriterte artar. Ordninga inkluderer òg økologiske funksjonsområde for prioriterte artar.

Kriterium for måloppnåing

Måloppnåinga blir vurdert ut frå talet på tiltak knytte til trua artar.

Tiltak for å bevare hubro er òg inkluderte i ordninga med vekt på tiltak mot elektrokusjon (at fugl kjem nær to straumførande leidningar samstundes og døyr). Måloppnåinga for hubro blir vurdert ut frå talet på stolpar og konstruksjonar som er sikra mot skade på hubro, og utviklinga i hubrobestanden i desse områda.

Tildelingskriterium

Tilskot kan bli tildelte til konkrete tiltak i felt til skjøtsel og vedlikehald, biotopforbetrande tiltak, restaurering, aktiv skjøtsel eller andre typar tiltak som er nødvendige for å ta vare på eller rette opp økologiske funksjonsområde for trua og prioriterte artar, gjerding, nødvendig utstyr for å gjennomføre tiltak, informasjon retta lokalt/regionalt, kartlegging knytt til tiltak og tiltak for å hindre at hubro døyr som følgje av at dei bruker straumstolpar som sitjeplass.

Oppfølging og kontroll

Resultatkontroll og oppfølging skjer ved at tilskotsmottakarane blir følgde opp med tanke på at midlane blir nytta som føresett, og at tiltak blir gjennomførte. Kontrollen overfor tilskotsmottakarar skjer gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av innsende rapportar.

Rapport 2022

Resultat for 2022 er ført opp under nedlagd post 82.

Trua naturtypar

Til formålet er det sett av 32,4 mill. kroner, ein auke på 1,9 mill. kroner grunna prisjustering.

Mål

Målet med tilskotsordninga er å medverke til å ta vare på utvalde naturtypar etter naturmangfaldlova kap. VI og trua naturtypar, jf. definisjon av trua naturtypar i Norsk raudliste for naturtypar.

Kriterium for måloppnåing

Måloppnåinga blir vurdert ut frå målsetjingane for å ta vare på naturtypar i dei enkelte handlingsplanane, under dette talet på lokalitetar som blir tekne vare på, og talet på tiltak knytte til førekomstar av trua og utvalde naturtypar.

Tildelingskriterium

Tilskot kan bli tildelt til restaurering, skjøtsel og vedlikehald, tilpassa bruk på areal som inngår i drifta av landbruksføretak, gjerding, kartlegging og overvaking knytte til tiltak, utarbeiding av skjøtsels- eller tiltaksplan, nødvendig utstyr til tiltak og informasjon om naturtypane.

Oppfølging og kontroll

Resultatkontroll og oppfølging skjer ved at tilskotsmottakarane rapporterer korleis midlane blir nytta, og om gjennomførte tiltak og resultat. Kontrollen går for seg gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av innsende rapportar frå tilskotsmottakarar til statsforvaltaren.

Rapport 2022

Resultat for 2022 er ført opp under nedlagd post 82.

Tiltak mot framande artar

Til formålet er det sett av 4,4 mill. kroner, ein auke på 0,3 mill. kroner grunna prisjustering.

Mål

Tilskotsordninga skal medverke til å hindre negativ påverknad på naturmangfaldet frå framande skadelege artar.

Kriterium for måloppnåing

Kriterium for måloppnåing er om tiltaka som får støtte frå posten, medverkar til at trusselen frå framande skadelege organismar blir mindre.

Tildelingskriterium

Tilskot kan bli tildelt til tiltak for å nedkjempe framande skadelege organismar, informasjonstiltak og kartlegging og overvaking knytt til konkrete tiltak.

Oppfølging og kontroll

Resultatkontroll og oppfølging skjer ved at tilskotsmottakarane rapporterer korleis midlane blir nytta, og om gjennomførte tiltak og resultat. Kontrollen går for seg gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av innsende rapportar frå tilskotsmottakar.

Rapport 2022

Resultat for 2022 er ført opp under nedlagd post 83.

Naturrestaurering

Til formålet er det sett av 10 mill. kroner. Ordninga er ny i 2024.

Mål

Tilskotsordninga skal medverke til å restaurere natur som har blitt ringare.

Kriterium for måloppnåing

Kriterium for måloppnåing er om tiltaka som får støtte frå posten, medverkar til å restaurere natur som har blitt ringare, slik at den økologiske tilstanden blir betre, som del av den norske satsinga i FNs tiår for restaurering av økosystema 2021–2030.

Tildelingskriterium

Tilskot kan bli tildelt til tiltak for å restaurere natur som har blitt ringare, mellom anna i økosystem som skog, fjell, kulturlandskap og opent lågland, og våtmark inkludert gruntvassområde, tidevassenger og -sumpar og ålegrasenger langs kysten. Tilskot kan òg gå til naturbaserte løysingar som forbetrar forholda for naturmangfaldet og samstundes bidreg til klimatilpassing eller til å sikre karbonlager. Vidare kan tilskot bli tildelt for å planleggje og følgje opp restaureringstiltaka.

Ordninga er for kommunar, organisasjonar og private tiltakshavarar. Ordninga supplerer den statleg organiserte naturrestaureringa som blir finansiert over kap. 1420, post 31.

Tilskot til restaurering vil særleg bli prioritert til å planleggje og gjennomføre konkrete naturrestaureringstiltak i kommunar som har vedteke kommunedelplanar for naturmangfald, slik at tiltaka bidreg til å følgje opp desse planane. Det kan òg vere aktuelt med tilskot til andre restaureringstiltak i kommunal regi. Tilskot kan òg bli gjeve til private tiltakshavarar, under føresetnad av at det blir inngått langsiktige avtalar for bevaring av areala. Det vil bli vurdert krav om ein viss andel eigenfinansiering.

Til grunn for prioritering mellom søknader ligg mellom anna Plan for restaurering av våtmark i Norge (2021–2025) og ei utgreiing frå Miljødirektoratet med tilråding om konkrete, terrestriske restaureringstiltak. Tiltak som er kostnadseffektive, og som kan gjennomførast med god fagleg kompetanse på naturrestaurering, vil bli prioriterte.

Oppfølging og kontroll

Resultatkontroll og oppfølging skjer ved at tilskotsmottakarane rapporterer korleis midlane blir nytta, og om gjennomførte tiltak og resultat. Kontrollen går for seg gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av innsende rapportar frå tilskotsmottakar.

Rapport 2022

Ordninga er ny i 2024 og har difor ikkje rapportering.

Post 81 Verdiskaping basert på naturarven, kan overførast

Midlane under posten er retta mot resultatområda Naturmangfald og Friluftsliv. Foreslått løyving på posten er 13,2 mill. kroner, ein auke på 0,8 mill. kroner grunna prisjustering.

Frå posten vart følgjande tilskotsordningar flytta til post 80 i 2023-budsjettet: naturskjøtsel i verdsarvområde, tiltak i Utvalde kulturlandskap i jordbruket, tiltak i kulturlandskapsområde registrerte som verdifulle kulturlandskap og tiltak for ville pollinerande insekt. Tilskotsordninga for Nasjonale turiststiar vart flytta til post 78. Utbetalingane under ordningane i 2022 vart gjorde under post 81, og resultatrapporteringa for dei er difor ført opp nedanfor.

Attståande tilskotsordningar på posten er verdiskaping basert på naturarven (4,2 mill. kroner) og villreinfjella som verdiskapar (9 mill. kroner).

Naturskjøtsel i verdsarvområde

Ordninga er flytta til post 80, Tiltak for å ta vare på natur i verdsarvområde

Rapport 2022

Oppfølginga av norske verdsarvområde med viktige naturverdiar er organisert gjennom ideelle stiftelsar på staden som blir tildelte tilskot til drift og gjennomføring av forvaltningstiltak innanfor rammer sette i forvaltningsplanar og retningslinjer for oppfølging av verdsarvkonvensjonen. Midlane har i 2022 medverka til gjennomføring av tiltak og satsingar på ulike tema for verdsarvforvaltning i verdsarvområda Vegaøyan og Vestnorsk fjordlandskap. Desse omfattar mellom anna kunnskapsinnhenting, besøksforvaltning, nettverksbygging, lokal involvering og organisering av samarbeid. Det er lagt vekt på samarbeid og samfinansiering med andre aktørar i gjennomføringa av tiltak. Forpliktingane knytte til formidling og informasjon om kultur- og naturverdiar er tekne hand om og vidareutvikla gjennom tiltak retta mot barn, unge og besøkjande. Det vart ikkje arrangert Verdsarvforum i 2022

Tiltak i Utvalde kulturlandskap i jordbruket

Ordninga er flytta til post 80.

Rapport 2022

I 2022 var dei samla løyvingane til arbeidet med utvalde kulturlandskap på 38,5 mill. kroner (15,5 mill. kroner gjennom jordbruksoppgjeret og 23 mill. kroner over budsjettet til Klima- og miljødepartementet).

Midlane til utvalde kulturlandskap blir fordelte på tiltak innanfor planlegging og prosess, skjøtsel og andre typar tiltak for å ta vare på kulturminne og kulturmiljø, biologisk mangfald og landskapsverdiar, overvaking og dokumentasjon, formidling, tilrettelegging og tiltak som held oppe landbruksdrift i områda (næringsutvikling, seterdrift m.m.). I 2022 gjekk 23 pst. av midlane til kulturminne- og kulturmiljøtiltak, 32 pst. til landskapsskjøtsel, 8 pst. til målretta tiltak for å ta vare på biologisk mangfald og 13 pst. til næringsretta tiltak. Dei resterande 24 pst. vart nytta til tiltak knytte til ferdsel og friluftsliv, planlegging, kartlegging og dokumentasjon og formidling. Særskild årsrapport for ordninga utarbeidd av Landbruksdirektoratet, Miljødirektoratet og Riksantikvaren gjev nærmare oversikt over fordelinga av midlane på ulike formål og informasjon om viktige utviklingstrekk i områda.

Tiltak i kulturlandskapsområde registrerte som verdifulle kulturlandskap

Ordninga er flytta til post 80.

Rapport 2022

Det vart innvilga 28 søknader i 2022. 1,1 mill. kroner vart fordelte gjennom statsforvaltarane, hovudsakleg til tiltak for å hindre gjengroing, gjennomføre skjøtsel i biologisk viktige areal og andre tiltak for å ta vare på naturverdiar knytte til verdifulle kulturlandskap.

Tiltak for ville pollinerande insekt

Ordninga er flytta til post 80.

Rapport 2022

I overkant av 2,8 mill. kroner vart fordelte gjennom statsforvaltarane til ulike skjøtsels-, restaurerings- og tilretteleggingstiltak i felt som betrar kvaliteten på leveområde for pollinerande insekt. Med støtte frå ordninga bidrog også fleire regionale kunnskaps- og informasjonstiltak til auka kunnskap i befolkninga om artsgruppa og korleis ein tek vare på gode leveområde. Tre nasjonale kunnskapsformidlingstiltak vart støtta frå Miljødirektoratet – fagleg rådgjevingsteneste ved etablering og skjøtsel av blomsterrike areal (NIBIO), mobilisering til folkeforsking ved artsregistrering av humler (La humla suse) og informasjonsarbeid retta mot kommunar og fylkeskommunar knytt til skjøtsel av artsrike vegkantar som viktige leveområde for pollinerande insekt (Norges Naturvernforbund). Regionale og nasjonale prioriteringar av tiltak over tilskotsordninga støttar konkret opp om tiltaka i den nasjonale tiltaksplanen for ville pollinerande insekt.

Verdiskaping naturarv

Til formålet er det sett av 4,2 mill. kroner, ein auke på 0,2 mill. kroner grunna prisjustering.

Mål

Målet med ordninga er å medverke til at verneverdiane i verneområda og andre verdifulle naturområde blir del av ei brei verdiskaping som har ein langsiktig positiv effekt på natur, lokalsamfunn og næringsutvikling.

Kriterium for måloppnåing

Måloppnåinga blir vurdert ut frå om tilskotet stimulerer til at verneområda og andre verdifulle naturområde blir del av ei brei verdiskaping der natur, lokalsamfunn og næringsutvikling har ein langsiktig positiv effekt av tiltaka.

Tildelingskriterium

Kommunar, regionråd, frivillige organisasjonar, verksemder, grunneigarar, naturinformasjonssenter, tilsynsutval og verneområdestyre kan få tilskot til tiltak for å kanalisere ferdsel, tiltak for å utvikle besøksforvaltning av nasjonalparkar, naturfagleg kompetanseheving i reiselivsverksemder, tiltak for å betre samarbeidet mellom naturforvaltning, næring og lokalsamfunn og til ulike typar av informasjon og leiing av prosjekt som kjem inn under desse tiltaka.

Tilskot kan også bli gjeve til implementering av merkevare- og kommunikasjonsstrategien for nasjonalparkar i regi av nasjonalparkkommunar godkjende etter nye kriterium, nasjonalparklandsbyar og nasjonalparksenter. Det er krav om minst 50 pst. eigeninnsats (økonomiske midlar eller arbeidsinnsats).

Oppfølging og kontroll

Oppfølging skjer hovudsakleg i form av fortløpande kontakt mellom Miljødirektoratet og prosjekta som får tilskot. Kontrollen skjer i hovudsak gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av innsende prosjektrapportar og årsmeldingar og av revisorstadfesta årsrekneskap.

Rapport 2022

Det kom inn 44 søknader i 2022. 20 av søknadene vart tildelte midlar. Det vart gjeve tilskot til ulike typar av informasjons- og formidlingstiltak og tilrettelegging av turstiar, utkikkspunkt og andre attraksjonar for å fremje naturopplevingar og auke verdiskapinga i nasjonalparkkommunar og -landsbyar og andre område. Dette har bidrege til betra besøksforvaltning ved verneområde og andre naturområde og til at fleire besøkjande har fått ei god oppleving i møtet med desse områda utan skade på naturen. Desse fekk tilskot i 2022: Audun Heier, Geopark Sunnhordaland AS, Grane kommune, Kari Marie Jenstad, Lierne Nasjonalparksenter, Lister Friluftsråd, Lom kommune, Magma Geopark AS, Nordveggen AS, Norges nasjonalparkkommuner, Norsk Bremuseum, Nærøyfjorden Verdsarvpark, Reisa Nasjonalparkstyre, Stiftelsen Museum Vest, Stiftelsen Nordland nasjonalparksenter, Stiftelsen Norsk institutt for naturforskning, Varanger Museum og VisitRjukan AS.

Villreinfjellet som verdiskapar

Til formålet er det sett av 9 mill. kroner, ein auke på 0,5 mill. kroner grunna prisjustering.

Mål

Målet er å stimulere til brei verdiskaping knytt til dei ti nasjonale villreinområda, særleg retta inn mot ulike delar av reiselivet. Ordninga skal medverke til god gjennomføring av dei regionale planane for villreinområda og til å utvikle og spreie kunnskap om villreinen og villreinfjellet til ulike målgrupper.

Kriterium for måloppnåing

Måloppnåinga blir vurdert ut frå om tilskotet stimulerer til at dei nasjonale villreinområda blir del av ei brei verdiskaping der villrein, lokalsamfunn og næringsutvikling har ein langsiktig positiv effekt av tiltaka.

Tildelingskriterium

Tilskot kan bli tildelt til prosjekt i samsvar med den fastsette programplanen. Prosjekta skal inkludere fleire ulike tiltak og må vere knytte til eit geografisk område eller eit tema innanfor dei kommunane som er omfatta av dei nasjonale villreinområda. Det er utvikla eit eige sett med søknadskriterium der det mellom anna blir lagt vekt på god samanheng med handlingsprogramma knytte til dei regionale planane. Det blir òg lagt vekt på at prosjekta skal ha geografisk spreiing og dekkje ulike tema og problemstillingar knytte til dei ulike nasjonale villreinområda. Prosjekta skal femne om både miljøvis, sosial, kulturell og økonomisk verdiskaping. Det er krav om minst 50 pst. eigeninnsats i form av arbeid eller andre økonomiske midlar.

Oppfølging og kontroll

Oppfølging skjer hovudsakleg i form av jamleg kontakt mellom Miljødirektoratet og dei prosjekta som får tilskot, og ved at statsforvaltaren deltek i dei styrande organa for prosjekta. Kontroll skjer gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av innsende prosjektrapportar og årsmeldingar og av revisorstadfesta årsrekneskapar. Norsk villreinsenter har ei viktig rolle i fagleg oppfølging og rådgjeving for prosjekta og arrangerer òg årlege nettverkssamlingar for alle prosjekta i samarbeid med Miljødirektoratet.

Rapport 2022

Følgjande prosjekt fekk tilskot i 2022: Villreinløypa (Gudbrandsdalsmusea AS), Mennesket og reinen (Viken fylkeskommune), Villrein og istid (Norsk institutt for naturforsking mfl.), Tradisjon og destinasjon (Telemarksforsking mfl.) Heiplanen – handlingsprogram (Rogaland fylkeskommune), Fotavtrykk vandreutstilling (Fjellrein AS), Tilrettelegging, styring av ferdsel og informasjon (Eidfjord kommune), Utvikling av opplevingspakkar i Vingelen NPL (Bunåva SA Villreinkunnskap Nordfjella (Norsk villreinsenter)), Rein på menyen (Frichs Management AS), Villreinen som verdiskapar langs Valldalsleia (Fjord kommune), Kommunikasjonsplan Hardangervidda (Viken fylkeskommune). Alle prosjekta er knytte til dei regionale planane for nasjonale villreinområde, og dei har ført til brei mobilisering til samarbeid mellom ulike aktørar lokalt og regionalt. Prosjekta har også ført til at det er etablert gode koplingar til arbeidet med besøksstrategiar for verneområda. Det er oppretta eigne temasider for prosjekta på nettstaden til Norsk villreinsenter, villrein.no.

Nasjonale turiststiar

Ordninga er flytta til post 78 Friluftslivsformål.

Rapport 2022

Det kom inn 25 søknader i 2022, og 16 søkjarar fordelte på 6 fylke fekk tildelt midlar. Fleire stiar har jobba med besøksforvaltning, mellom anna brukarundersøkingar og sårbarheitsanalyse og arbeid med besøksstrategi. Mange stiar er rusta opp med mellom anna drenering av vatn og tilrettelegging av sti. Ulike sikrings- og beredskapstiltak, under dette fjellvaktordning, vart finansierte. Viktige informasjonstiltak vart gjennomførte, og enkelte startpunkt vart tilrettelagde. Desse fekk tilskot i 2022:

Dronningruta (Øksnes), Rødøyløva (Rødøy), Sanna (Træna), Engenbreen (Meløy), Romsdalseggen (Rauma), Fosseråsa (Stranda), Runde (Herøy), Skålastien (Stryn), Aurlandsdalen (Aurland), Trolltunga (Ullensvang), Dronningstien i Ullensvang, Besseggen (Vågå), Kjerag (Sandnes) og Preikestolen (Strand), Gaustatoppen (Tinn og Hjartdal kommunar) og Viewpoint Snøhetta (Dovre).

Post 82 Tilskot til trua artar og naturtypar, kan overførast

(i 1 000 kr)

Underpost

Nemning

Rekneskap 2022

Saldert budsjett 2023

Forslag 2024

82.1

Tilskotordning – trua artar

44 875

0

0

82.2

Tilskotordning – trua naturtypar

-0

-0

Sum post 82

44 875

Posten vart lagd frå og med 2023-budsjettet og tilskotsordningane flytta til post 80. Berre rapport på utbetalingar i 2022 er oppført her.

Trua artar

Rapport 2022

Det kom inn 370 søknader i 2022. Det vart søkt om om lag 35,0 mill. kroner. Det er ein auke frå tidlegare år. Totalt tildelte Miljødirektoratet og statsforvaltaren om lag 14,8 mill. kroner til slike søknader. Midlane er gjevne til konkrete tiltak, til dømes skjøtsel av lokalitetar, styrking av bestandar og informasjon. Av dette er det samla gjeve om lag 1,2 mill. kroner til tre tiltak for hubro for å unngå at arten døyr som følgje av elektrokusjon. Dei ulike nettselskapa nyttar i tillegg eigne midlar på dei same strekningane.

Trua naturtypar

Rapport 2022

Det kom inn 999 søknader i 2022. Det er stor interesse for ordninga. I 2022 kom det inn søknader for tiltak i 17 ulike naturtypar. Talet på søknader er framleis størst innanfor naturtypane slåttemark (653 søknader), kystlynghei (148 søknader) og hole eiker (77 søknader). Om lag 925 søknader omfatta skjøtsel og vedlikehald. I tillegg kom det inn søknader om tilskot til gjerding, informasjonstiltak, kartlegging og overvaking knytt til tiltak, tilpassa drift på areal som inngår i drifta av landbruksføretak, og innkjøp av nødvendig utstyr til skjøtsel.

I 2022 vart det søkt om 60,2 mill. kroner til tiltak for å ta vare på trua og utvalde naturtypar, mot 73 mill. kroner i 2021 og 63,5 mill. i 2020. Den tilgjengelege budsjettramma var om lag 30,5 mill. kroner. Miljødirektoratet tildelte alle midlane til statsforvaltaren for vidare tildeling.

Handlingsplanar for naturtypar og skjøtselsplanar for enkeltområde legg det faglege grunnlaget og dei overordna rammene for ein stor del av tiltaka som blir gjennomførte med støtte frå tilskotsordninga. Desse planane bidreg til å sikre at tiltaka har effekt for naturtypane, og dermed at tilskota blir nytta i tråd med målet for ordninga. Talet på skjøtselsplanar som er utarbeidde for enkeltområde, stig jamt. I mange område er det inngått langsiktige avtalar med grunneigarar om skjøtsel. Dette er viktige verkemiddel for å motivere grunneigarar til å søkje om tilskot og drive skjøtsel. Det er flest skjøtselsplanar og avtalar for slåttemark og kystlynghei.

Post 83 Tilskot til tiltak mot framande artar, kan overførast

Posten vart lagd ned i 2023-budsjettet og tilskotsordninga flytta til post 80.

Rapport 2022

I 2022 var løyvinga på 4,2 mill. kroner. Det kom inn 119 søknader til ordninga på til saman 51 mill. kroner. Det vart tildelt midlar til 24 prosjekt. Ein stor del av prosjekta som vart gjennomførte, handla om å nedkjempe høgt prioriterte framande skadelege artar som sitkagran, kjempespringfrø, platanlønn og pukkellaks. I tillegg vart det gjeve støtte til informasjonstiltak for å spreie informasjon og bidra til kunnskapsoppbygging gjennom kursing og kartlegging.

Post 84 Internasjonalt samarbeid

Tilskotsordninga er primært knytt til resultatområda Naturmangfald, Forureining og klima, men òg til Friluftsliv og Polarområda. Foreslått løyving er 8,8 mill. kroner, ein auke på 2,8 mill. kroner frå 2023. Frå kap. 1400, post 76, er det flytta 2,2 mill. kroner i støtte til Det internasjonale naturpanelet, og frå kap. 1420, post 21, er det flytta 0,2 mill. kroner i tilskot til norsk ekspertdeltaking i FNs miljøprogram. I tillegg har posten fått ei prisjustering på 0,4 mill. kroner.

Mål

Målet for tilskotsordninga er å støtte organisasjonane som er nemnde nedanfor, i det internasjonale arbeidet innanfor naturmangfald, friluftsliv, forureining og klima og å setje Miljødirektoratet og andre delar av miljøforvaltninga i stand til å delta i det faglege internasjonale nettverket desse organisasjonane utgjer.

Kriterium for måloppnåing

Kriterium for måloppnåing er om Noreg gjennom støtte til dei internasjonale organisasjonane i rimeleg grad medverkar til at dei kan utføre oppgåvene sine, og at Miljødirektoratet og anna miljøforvaltning får tilgang til arbeidet som skjer i dei.

Tildelingskriterium

Posten skal dekkje utgifter til kontingent i samband med medlemskap i relevante internasjonale organisasjonar, under dette

  • Naturpanelet (Intergovernmental Science-Policy Platform on Biodiversity and Ecosystem Services, IPBES)

  • Federation of Nature and National Parks of Europe (EUROPARC)

  • International Union for Conservation of Nature (IUCN) (Government Agency member)

  • Wetlands International (WI)

  • Nordisk kollegium for viltforsking (NKV)

  • Den europeiske organisasjonen for bevaring av geologiarven (ProGEO)

  • Konvensjon om langtransportert luftforureining (LRTAP-konvensjonen), kjerneoppgåver som ikkje blir omfatta av bidraget til EMEP-protokollen

  • Common Forum on Contaminated Land

  • The International Transaction Log (ITL)

  • Enforcement of Environmental Law (IMPEL)

  • Organization of Economic Co-operation and Development (OECD)

  • Det internasjonale ressurspanelet (The international Resource Panel)

  • European Centre for River Restoration

Posten skal òg dekkje utgifter knytte til relevante oppfølgingsprosjekt i tilknyting til mottakarar nemnde ovanfor eller som er nemnde som mottakarar av tilskot under kap. 1400, post 71.

Vidare skal posten dekkje norsk deltaking i ekspertgrupper under FNs miljøprogram og Naturpanelet.

Det skjer ei kontinuerleg vurdering av målsetjingane til organisasjonane og av forholdet deira til sentrale konvensjonar og avtalar og av kva nytte Miljødirektoratet har av medlemskapen.

Oppfølging og kontroll

Oppfølging skjer hovudsakleg i form av deltaking i og bidrag til møte i dei styrande organa i organisasjonane, der det blir teke avgjerder mellom anna om arbeidsprogram, budsjett, kontingentar og økonomisk styring. Oppfølging av spesielle prosjekt skjer gjennom deltaking i referanse-, arbeids- eller styringsgrupper, ved kontakt med slike grupper eller ved direkte kontakt med prosjektet.

Kontrollen skjer i hovudsak gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av innsende prosjektrapportar og årsmeldingar og av revisorstadfesta årsrekneskapar frå organisasjonane. I tillegg deltek Miljødirektoratet på møte i styrande organ i organisasjonane der det blir teke avgjerder mellom anna om budsjett, kontingentar og økonomisk styring.

Rapport 2022

Midlane dekte i 2022 medlemskontingenten i dei internasjonale organisasjonane som er lista opp under «Tildelingskriterium» over, i tillegg til eit avgrensa tal oppfølgingsprosjekt. Midlar tildelte til Naturpanelet låg i 2022 under kap. 1400, post 76, og blir rapporterte der.

Post 85 Besøkssenter for natur og verdsarv, kan overførast

Midlane er i hovudsak retta mot resultatområda Naturmangfald, Friluftsliv og Kulturminne- og kulturmiljø.

Besøkssenter for natur og verdsarv skal formidle kunnskap om naturen til befolkninga, kunnskap om eit tema eller område innanfor dei tematiske områda nasjonalpark, våtmark, villrein, villaks, rovdyr, verdsarv, Oslofjorden og skog. Besøkssentera skal bidra til å auke kunnskapen om natur- og kulturverdiar i befolkninga og da særleg hos barn og unge.

Posten er auka med 4,4 mill. kroner til 107,1 mill. kroner. I Stortingets forlik om 2023-budsjettet vart det lagt inn 3 mill. kroner til Runde miljøsenter, jf. Innst. 9 S (2022–2023). I innstillinga er auken omtalt som ei eingongsløyving og difor teken ut i 2024-budsjettet. Det er lagt inn ei prisjustering på 6,4 mill. kroner. 1,5 mill. kroner av desse er sett av til autorisasjon av Utladalen Naturhus som besøkssenter nasjonalpark med fokus på skjøtsel og naturrestaurering. I 2024 er det sett av 8,9 mill. kroner til Nasjonalt villakssenter, det same som i 2023. I tillegg er 1 mill. kroner øyremerkte eininga til nasjonalt villakssenter i Tana, med formål om å føre vidare tradisjonell kunnskap i laksefisket, og skal mellom anna brukast på opplegg for barn og unge.

I 2024 blir det lyst ut autorisasjon av fire besøkssenter for villaks, på lik linje med andre autoriserte besøkssenter, som vil gjelde frå og med 2025. Autorisasjonane vil bli lyste ut på vanleg måte, og dei fire villakssentera til Nasjonalt villakssenter og andre senter kan søkje på utlysinga. Autorisasjonsordninga sikrar kvalitet og effektiv bruk av statlege midlar. Omlegginga er òg i samsvar med arbeidet til regjeringa med innsparing og reduksjon i talet på namngjevne tilskotsmottakarar. Det blir vist til omtale og grunngjeving for dette arbeidet i Prop. 1 S Gul bok (2022–2023).

Mål

Tilskotsordninga for besøkssenter for natur skal bidra til drift og utvikling av besøkssenter for natur, slik at sentera kan formidle kunnskap om naturen til befolkninga. Barn og unge er særleg prioriterte. Sentera skal også bidra til lokal verdiskaping og lokaliseringspolitiske målsetjingar.

Tilskotsordninga for besøkssenter verdsarv skal bidra til drift og utvikling av autoriserte besøkssenter for verdsarv, slik at sentera kan formidle kunnskap om verdsarven til befolkninga, særleg barn og unge. Sentera skal også medverke til lokal forankring og verdiskaping.

Kriterium for måloppnåing

Måloppnåinga for sentera blir vurdert på bakgrunn av årlege rapportar der sentera viser at dei fyller autorisasjonskrava.

Tildelingskriterium

Autoriserte besøkssenter for natur og verdsarv kan søkje om eit årleg grunntilskot til aktivitet knytt til administrasjon, planlegging og gjennomføring av informasjonstiltak, naturrettleiing og anna. Miljødirektoratet publiserer eigne retningslinjer for autorisasjon av besøkssenter. Autoriserte besøkssenter skal til kvar tid oppfylle autorisasjonskrava for å kunne tildelast tilskot.

Grunntilskotet blir for 2024 på 1,213 mill. kroner per senter for besøkssenter nasjonalpark, våtmark, rovdyr, skog, villrein og Oslofjorden og inntil 2 mill. kroner for besøkssenter for verdsarv.

Autoriserte senter kan i tillegg søkje om tilskot til utvikling, som til ekstra publikumstiltak, kompetanseheving, utstillingar og informasjonstiltak.

Andre som arbeider med naturinformasjon, til dømes museum og stiftelsar, kan søkje om tilskot til utstillingar og informasjonstiltak. I kategorien nasjonalpark kan berre autoriserte senter søkje om tilskot til utstillingar og informasjonstiltak.

Tabell 7.4 Totale beløp sette av til ulike sentertypar.

Senterkategori

(i 1 000 kr)

Besøkssenter nasjonalpark

42 004

Norsk villreinsenter

9 217

Besøkssenter våtmark

8 196

Besøkssenter rovdyr

9 048

Naturrettleiing

8 014

Det nasjonale villakssenteret

9 916

Besøkssenter for skog

1 341

Besøkssenter for Oslofjorden

1 624

Verdsarvsentera

17 775

Sum

107 135

Naturrettleiing vil seie formidling av kunnskap om naturen og samanhengar i naturen med eit formål om å styrkje innsikt, respekt, engasjement og omsorg for natur- og kulturmiljøet. Naturrettleiingstenester blir utførte av ein person, naturrettleiaren, som i hovudsak gjev deltakarane direkte opplevingar ute i naturen.

Norsk villreinsenter (Hjerkinn og Skinnarbu), besøkssenter rovdyr Flå og Namsskogan, besøkssenter nasjonalparkane i Nordland, besøkssenter Færder nasjonalpark og Hardangervidda nasjonalpark, Skinnarbu, og besøkssenter våtmark Ilene og Nordre Øyeren kan søkje om tilskot til naturrettleiing.

Oppfølging og kontroll

Resultatkontroll og oppfølging skjer ved at tilskotsmottakarane leverer årsmelding, revidert rekneskap, budsjettforslag, plan for verksemda og eventuelt framdriftsrapportar med rekneskap. Sentera rapporterer om tal på besøkjande, aktivitetar og naturrettleiing, sal av logoprodukt, resultat frå brukarundersøkingar og eventuelle evalueringar av innhald og aktivitet ved senteret og om andre forhold som var sentrale for å få tildelt tilskotet. Det blir utført ein generell formalia- og sannsynskontroll av rapportane og rekneskapane. Det blir nytta stikkprøvekontroll, mellom anna ved gjennomsyn av utstillingar og informasjonsmateriell som det er gjeve støtte til.

Det nasjonale villakssenteret må rapportere om bruken av midlane på den same måten som dei autoriserte sentera.

Rapport 2022

Det vart gjeve grunntilskot til 18 autoriserte besøkssenter nasjonalpark, 4 autoriserte besøkssenter rovdyr og 6 autoriserte besøkssenter våtmark. Det vart òg gjeve grunntilskot til Norsk villreinsenter, som har ei utvida rolle som informasjons- og kompetansesenter og har driftseiningar på Hjerkinn og Skinnarbu, under dette besøkssenter villrein på Hjerkinn. I tillegg vart det gjeve driftstilskot til Nasjonalt villakssenter, Runde Miljøsenter og Atlanterhavsparken. Besøkssenter Oslofjord og besøkssenter skog vart autoriserte, medan besøkssenter Jotunheimen nasjonalpark og besøkssenter våtmark Ilene, Jæren, Nordre Øyeren, Oslo og Ørland og besøkssenter rovdyr Bardu vart reautoriserte i 2022. 18 nasjonalparksenter fekk tilskot til 43 prosjekt knytte til utstillingar, informasjonstiltak, kompetanseheving og publikumstiltak som auka kvaliteten på formidlinga i 2022, total tildeling var om lag 15 mill. kroner. I tillegg fekk besøkssenter for rovdyr, verdsarv, våtmark og villrein prosjektmidlar.

Post 86 Frivillige klima- og miljøorganisasjonar og klima- og miljøstiftelsar

Forvaltninga av tilskotsordninga «Frivillige miljøorganisasjoner og allmennyttige miljøstiftelser» blir frå 2024 flytta til Miljødirektoratet. Posten for ordninga er difor lagd under kap. 1420 Miljødirektoratet, medan han tidlegare låg under kap. 1400, post 70. Tilskotsordninga er forskriftsfesta, og midlane blir fordelte med bakgrunn i objektive kriterium. Ordninga vil kunne forvaltast meir effektivt og bli enklare tilgjengeleg for søkjarane gjennom Miljødirektoratets elektroniske søknadssenter. Delegeringa inneber at Klima- og miljødepartementet blir klageinstans. Foreslått løyving til posten ordninga ligg på i 2024, er 57,4 mill. kroner, ein auke på 3,4 mill. kroner samanlikna med løyvinga under kap. 1400, post 70, der posten låg i 2023-budsjettet. Auken skriv seg frå prisjustering.

Mål

Målet med tilskotsordninga er å leggje til rette for eit breitt folkeleg engasjement for klima- og miljøsaker og stimulere til klima- og miljøaktivitetar lokalt, regionalt og nasjonalt. Tilskotsordninga gjeld for landsdekkjande frivillige organisasjonar, stiftelsar og paraplyorganisasjonar som har nasjonal innverknad, og med eit hovudformål for verksemda som ligg innanfor ansvarsområdet til miljøforvaltninga.

Tildelingskriterium

Dette er ei søkbar tilskotsordning som gjev grunntilskot til frivillige klima- og miljøorganisasjonar og klima- og miljøstiftelsar. Ordninga er heimla i forskrift og er bygd opp med både objektive og fagleg skjønnsmessige kriterium. Det blir årleg gjennomført ein søknadsrunde der nye søkjarar kan kvalifisere seg inn på ordninga. Tildeling av tilskot til dei enkelte organisasjonane vil bli fastsett etter at Stortinget har vedteke budsjettet for 2024.

Oppfølging og kontroll

Bruken av midlar blir følgd opp mellom anna ved å kontrollere søknad med årsrapport og årsrekneskap som tilskotsmottakarane sender inn. Direktoratet kan føre tilsyn med at tilskotsmottakarane oppfyller krava i forskrifta, at opplysningane i søknaden er rette, og at organisasjonane blir drivne i medhald av vedtektene sine. Riksrevisjonen kan også gjennomføre slik kontroll.

Kap. 4420 Miljødirektoratet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2022

Saldert budsjett 2023

Forslag 2024

01

Oppdrag og andre ymse inntekter

15 331

10 269

6 721

04

Gebyr, forureiningsområdet

50 034

56 895

58 745

06

Gebyr, miljøvernavdelingane hos statsforvaltarembeta

39 623

37 595

39 249

07

Gebyr, kvotesystemet

4 885

4 720

5 928

09

Internasjonale oppdrag

30 649

37 878

39 545

40

Sal av eigedom og innløysing av festetomter i statleg sikra friluftslivsområde

9 979

1 500

1 069

50

Overføringar frå andre statlege rekneskapar

6 000

6 000

85

Overføringar frå andre

1 000

Sum kap. 4420

150 501

154 857

158 257

Post 01 Oppdrag og andre ymse inntekter

På posten er det budsjettert med ulike oppdragsinntekter og sal av tenester knytte til felles administrative funksjonar i miljøforvaltninga. Oppdragsinntektene er hovudsakleg knytte til tenester som Statens naturoppsyn utfører for andre. På posten blir det òg ført ymse inntekter, mellom anna diverse leigeinntekter frå eigedommar Miljødirektoratet eig, inntekter frå sal av rapportar utarbeidde av Miljødirektoratet og enkelte andre produkt. Posten er redusert med 3,5 mill. kroner til 6,7 mill. kroner. Av dette kjem 4 mill. kroner av pårekna reduserte inntekter i 2023, medan det er lagt inn 0,5 mill. kroner i prisjustering,

Det er merkje- og registreringsplikt for dødt vilt som tilkjem Viltfondet, sjå vedlegg (artsliste) til forskrift 18. juni 2004 nr. 913 om handtering av dødt vilt. Dei som vil overta merkjepliktig vilt frå Viltfondet, skal betale eit gebyr. Gebyret blir vidareført på same nivået som i tidlegare år, det vil seie 450 kroner. Innbetalte gebyr blir nytta til drift og vedlikehald av ein sentral database for å ta vare på informasjon om individa. I tillegg krev Miljødirektoratet refusjon for utgifter det har knytt til kontroll av naturforvaltningsvilkår i vasskraftkonsesjonar. Gebyret er heimla i vassdragsreguleringslova § 12 punkt 19, i vassressurslova §§ 57–58 og i den enkelte konsesjonen.

Kap. 1420, post 01 Driftsutgifter, kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under denne posten, jf. forslag til vedtak II.

Post 04 Gebyr, forureiningsområdet

I samsvar med prinsippet om at forureinaren skal betale, er det innført gebyr på ulike område innanfor forureiningsområdet. Foreslått løyving på posten er 58,7 mill. kroner, ein auke på 1,9 mill. kroner samanlikna med 2023.

Posten omfattar Miljødirektoratets inntekter frå følgjande ordningar:

  • gebyr frå dei som får utferda sertifikat under ei sertifiseringsordning for verksemder og personell som handterer fluorerte klimagassar (produktforskrifta kapittel 6 a). Ordninga er ein del av EØS-avtalen som regulerer dei fluorerte klimagassane HFK, PFK og SF6 gjennom krav til mellom anna dokumenterte kvalifikasjonar for teknisk personell og bedrifter som utfører arbeid på utstyr med nokre av desse gassane. Den praktiske gjennomføringa av sertifiseringsordninga blir i dag utført av Isovator AS (HFK i kuldeanlegg o.a.) og Incert AB (SF6 i høgspentbrytarar).

  • gebyr for konsesjonsbehandling og kontroll i medhald av forureiningsforskrifta

  • gebyr for tilsyn og kontroll med importørar og produsentar av kjemiske stoff og stoffblandingar, i medhald av deklareringsforskrifta, inkludert vedlikehald og vidareutvikling av Produktregisteret som verktøy for effektiv kjemikaliekontroll

  • årsgebyr for godkjende biocidprodukt og gebyr for behandling av søknader om godkjenning av biocidaktive stoff og biocidprodukt, i medhald av biocidforskrifta. Gebyret skal dekkje alle kostnader til søknadsbehandling og tilsyn og kontroll med at forskrifta og vedtak gjorde i medhald av forskrifta blir overhaldne, inkludert drift, utvikling og vidareutvikling av tiltak og system for forbetring og effektivisering av saksbehandling og søknadsevaluering.

  • gebyr for deklarasjon av farleg avfall, i medhald av avfallsforskrifta. Verksemder som leverer farleg avfall, skal fylle ut eit deklarasjonsskjema med opplysningar om opphavet til, innhaldet i og eigenskapane til avfallet. Det er fastsett eit gebyr for denne deklarasjonen, og gebyret skal dekkje Miljødirektoratets kostnader ved drift og utvikling av systemet, inkludert kjøp av tenester.

  • gebyr for drift av databasen Produsentansvar.no. Databasen dekkjer både produsentregister for elektriske og elektroniske produkt (EE-produkt) og emballasjeregister for emballasje og emballerte produkt i medhald av avfallsforskrifta. Alle som importerer og produserer EE-produkt i Noreg eller tilfører minst 1 000 kg av ein emballasjetype, pliktar å vere medlem av eit godkjent returselskap. Returselskapa finansierer drifta og utviklinga av dette registeret gjennom eit gebyr som er avhengig av marknadsdelen deira.

  • gebyr for eksport og import av avfall, i medhald av avfallsforskrifta. Verksemder som importerer eller eksporterer meldepliktig avfall, må innhente samtykke til dette. Gebyret skal dekkje kostnader knytte til behandling av søknader om eksport og import av avfall, Miljødirektoratets kostnader ved drift og utvikling av saksbehandlingssystem inkludert kjøp av tenester.

  • gebyr for emballasje, i medhald av avfallsforskrifta. Verksemder som ønskjer godkjenning som returselskap for emballasje, må godkjennast av Miljødirektoratet. Gebyret skal dekkje kostnader knytte til søknad om godkjenning eller endring av godkjenning og gjennomføring av tilsyn av godkjende verksemder.

I tillegg vil det på denne posten kunne komme inntekter frå andre ordningar. Gjennom EUs regelverksutvikling knytt til sirkulær økonomi vil nye krav og ordningar føresette nye område der det er relevant å ta gebyr, eller endring av det noverande gebyret, for utvikling og drift av system, kostnader knytte til godkjenningar, endring av godkjenningar, kontrolloppgåver, rapportering og tilsyn.

Tabell 7.5 Budsjettet for 2024 fordeler seg slik på dei ulike gebyrordningane:

Gebyrordning

Budsjett inntekt 2024 (tal i tusen kroner)

Sertifisering for fluorerte klimagassar

7 000

Konsesjonsbehandling etter forureiningsforskrifta

8 350

Tilsyn etter forureiningslova

9 670

Tilsyn med kjemikaliar

8 075

Deklarasjon av farleg avfall

9 500

Databasen produsentansvar.no

1 000

Eksport og import av avfall

6 900

Godkjenning av biocid, biocidprodukt og årsgebyr for godkjent biocidprodukt

8 250

Totalt kap. 4420, post 04

58 745

Kap. 1420, post 23 Driftsutgifter, kan overskridast mot meirinntekter under denne posten, jf. forslag til vedtak II.

Post 06 Gebyr, miljøvernavdelingane hos statsforvaltarembeta

Posten omfattar inntekter til statsforvaltaren frå gebyr for arbeid med konsesjonsbehandling og tilsyn med delegert industri. Gebyrplikta gjeld for arbeidet til forureiningstyresmakta med løyve etter forureiningslova §§ 11 og 18 og for vedtak gjevne i medhald av forskrifter fastsette med heimel i forureiningslova som krev løyve. Gebyrplikta omfattar òg arbeid med kontroll av verksemder med og utan løyve.

Løyvinga er auka med 1,7 mill. kroner til 39,2 mill. kroner som kjem av prisjustering.

Kap. 1420, post 23 Driftsutgifter, kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under denne posten, jf. forslag til vedtak II.

Post 07 Gebyr, kvotesystemet

Miljødirektoratet forvaltar klimakvoteforskrifta. Verksemder som er omfatta av kvoteplikta, må ha løyve frå Miljødirektoratet til kvotepliktige utslepp i tillegg til å ha eit godkjent program for utrekning og måling av utsleppa. Dei årlege utsleppsrapportane frå kvotepliktige verksemder blir kontrollerte og godkjende av Miljødirektoratet. Verksemder kan søkje om vederlagsfri tildeling av kvotar.

Miljødirektoratet fastset det gjennomsnittlege aktivitetsnivået for delinstallasjonane til kvar av verksemdene på grunnlag av dei årlege tildelingsrapportane.

I tråd med føresegnene i kap. 39 i forureiningsforskrifta skal Miljødirektoratets kostnader ved utarbeiding av løyve til kvotepliktige utslepp finansierast av gebyr.

I tråd med føresegnene i kap. 9 i klimakvoteforskrifta skal Miljødirektoratets kostnader ved saksbehandling og kontroll finansierast av gebyr. Dette er i samsvar med EU-reglane. Miljødirektoratet har òg ansvaret for å drifte det elektroniske kvoteregisteret.

Forventa gebyrinntekt i 2024 er 5,9 mill. kroner.

Post 09 Internasjonale oppdrag

Inntektene under posten kjem frå andre statsinstansar og frå internasjonale organisasjonar, og dei skal finansiere Miljødirektoratets utgifter under kap. 1420, post 23, til internasjonalt miljøsamarbeid og bistandsarbeid, til dømes institusjonsbygging i samarbeidsland.

Løyvinga er auka med 1,7 mill. kroner til 39,5 mill. kroner som kjem av prisjustering.

Kap. 1420, post 23 Driftsutgifter, kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under denne posten, jf. forslag til vedtak II.

Post 40 Sal av eigedom og innløysing av festetomter i statleg sikra friluftslivsområde

Miljødirektoratet eig ein del område gjennom statleg sikring av friluftslivsområde. På ein del av desse har det frå tidlegare tider eksistert festeforhold. Det vil bli mogleg for ein del av festarane å løyse inn festetomtene sine, jf. krav i tomtefestelova. I tillegg vil det i få tilfelle vere aktuelt å selje eigedommar. Det blir foreslått å løyve 1,1 mill. kroner som følgje av inntekter frå dette. Kap. 1420, post 30 Statlege erverv, bevaring av viktige friluftslivsområde, kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under denne posten, jf. forslag til vedtak II.

Post 41 Sal av makeskifte- og annan eigedom og innløysing av festetomter i samband med vernesaker

Miljødirektoratet har føringar på at makeskifte skal nyttast i den grad det er mogleg ved vern på privat grunn. Tiltaket skal verke konfliktdempande i dei tilfella ein privat grunneigar ønskjer erstatning oppgjord i areal i staden for å få utbetalt eit kronebeløp. Dette inneber at staten kjøper areal frå Statskog SF eller frå andre aktørar som inngår i ei makeskifteløysing. Det hender likevel at restareal og bygningar ikkje blir nytta til makeskifte mellom anna på grunn av manglande interesse frå skogeigarar. Desse områda eller bygningane blir da lagde ut for sal.

Det førekjem også ein sjeldan gong innløysing av festetomter, etter tomtefestelova kapittel 6, på statleg eigd grunn som er innkjøpt for verneformål.

Eventuelle inntekter frå dette blir førte under denne posten som blir foreslått utan konkret løyving.

Kap. 1420, post 32 Statlege erverv, vern av naturområde, kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under denne posten, jf. forslag til vedtak II.

Post 50 Overføringar frå andre statlege rekneskapar

På posten er det budsjettert med overføringar frå andre statlege rekneskapar til tidsavgrensa prosjekt i Miljødirektoratet. Overføringane vil variere noko frå år til år, og for 2024 er overslaget 6 mill. kroner.

Kap. 1420, post 01 Driftsutgifter, kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under denne posten, jf. forslag til vedtak II.

Post 85 Overføringar frå andre

På posten er det budsjettert med overføringar frå andre, ikkje-statlege, rekneskapar til tidsavgrensa prosjekt i Miljødirektoratet. Overføringane vil variere noko frå år til år, og for 2024 er overslaget 1 mill. kroner.

Kap. 1420, post 01 Driftsutgifter, kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under denne posten, jf. forslag til vedtak II.

Kap. 1422 Miljøvennleg skipsfart

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2022

Saldert budsjett 2023

Forslag 2024

21

Spesielle driftsutgifter

8 094

8 486

9 005

70

Tilskot til private, kan nyttast under post 21

33 025

33 962

36 135

Sum kap. 1422

41 119

42 448

45 140

Miljøvennleg skipsfart er eit prioritert innsatsområde i klimapolitikken og i den maritime strategien til regjeringa. Bruk av meir klima- og miljøvennleg drivstoff og energieffektive skip er nøkkelfaktorar i å redusere utsleppa frå skipsfarten. Noreg er i dag leiande i utviklinga og bruken av mellom anna gassdrivne skip og batteridrivne ferjer – eit fortrinn som kan utnyttast og utviklast vidare.

Sjøfartsdirektoratets rolle og oppgåver

Sjøfartsdirektoratet er underlagt Klima- og miljødepartementet i saker som gjeld forureining og vern om det marine miljøet, og utfører viktig arbeid innanfor dette området. Arbeidet inkluderer mellom anna utgreiingsoppgåver, utarbeiding av forskrifter, utferding av sertifikat, flaggstatskontrollar og hamnestatskontrollar. Sjøfartsdirektoratet utfører oppgåver knytte til internasjonalt miljøsamarbeid under FNs sjøfartsorganisasjon (IMO), EU, Nordsjøsamarbeidet og det arktiske samarbeidet.

Sjøfartsdirektoratet har som ei av hovudmålsetjingane sine å medverke til at skipsfarten er ei klima- og miljøvennleg transportform. Direktoratet skal òg medverke til god sikring mot forureining ved effektivt tilsyn av norske skip og hamnestatskontroll av framande skip.

Post 21 Spesielle driftsutgifter

Midlane er retta mot resultatområda Naturmangfald, Forureining og Klima.

Det er lagt inn ein priskompensasjon på posten. Foreslått løyving er på om lag 9 mill. kroner på posten for 2024.

Posten medverkar til å dekkje lønn til fast og mellombels tilsette og driftsutgifter for Sjøfartsdirektoratet i arbeidet med ein miljøvennleg skipsfart. Reduksjonar i utslepp av SO2, NOX og klimagassar står sentralt i dette arbeidet. Vidare skal det gjennomførast tiltak for å redusere faren for utilsikta introduksjon og spreiing av framande artar i ballastvatn. Posten dekkjer òg midlar knytte til utgreiingar, informasjon, internasjonalt arbeid og formidling relaterte til miljøspørsmål.

Rapport 2022

Midlane til Sjøfartsdirektoratet har mellom anna gått til nasjonalt og internasjonalt arbeid med å redusere klimagassutslepp frå skipsfarten, redusere eller hindre forureining til luft og sjø, førebyggje spreiing av framande organismar, opphogging av skip og arbeid med forvaltningsplanar for havområda.

Post 70 Tilskot til private, kan nyttast under post 21

Om lag 8 mill. kroner er løyvde til den statlege delen i det offentleg-private samarbeidet Grønt Skipsfartsprogram. Desse skal i hovudsak brukast til å utvikle grøne løysingar for fleire fartøykategoriar. I 2024 foreslår regjeringa å løyve om lag 28,1 mill. kroner til vidareføring av arbeidet til Grønt Skipsfartsprogram med å realisere grøn flåtefornying av lasteskip. Gjennom grøn flåtefornying vil lasteskip kunne ta i bruk null- og lågutsleppsløysingar. Foreslått løyving er på om lag 36,1 mill. kroner på posten for 2024.

Rapport 2022

Midlane har vore retta inn mot å støtte arbeidet til Grønt Skipsfartsprogram, som i 2022 hadde 108 private og 12 offentlege deltakarar frå heile den maritime verdikjeda. Arbeidet i programmet har medverka til å stimulere til samarbeid i næringa for å realisere nye låg- og nullutsleppsløysingar i skipsfarten og fjerne barrierar mot introduksjon av slike løysingar. Programmet har sidan oppstarten i 2015 totalt initiert 45 pilotprosjekt der fleire er knytte til bygging av nye skip. I 2022 vart fem nye pilotstudiar initierte, og nye viktige aktivitetar vart oppretta i form av GSP Teknologiradar og GSP Vareeierforum. Arbeidet med grøn flåtefornying rettar seg både mot reiarlag og mot vareeigarar. Det er svært stor interesse for denne ordninga.

Kap. 1423 Radioaktiv forureining i det ytre miljø

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2022

Saldert budsjett 2023

Forslag 2024

01

Driftsutgifter

35 968

37 650

39 667

Sum kap. 1423

35 968

37 650

39 667

Post 01 Driftsutgifter

Midlane under denne posten er retta mot resultatområdet Forureining. Dei tilhøyrande inntektene er førte under kap. 4423, post 01. Løyvinga kan overskridast dersom det er tilsvarande meirinntekt under denne posten, jf. forslag til vedtak II. Posten dekkjer utgifter som Direktoratet for strålevern og atomtryggleik (DSA) har til lønn og godtgjersle for fast og mellombels tilsette. Vidare dekkjer posten utgifter knytte til oppdragsverksemd, ordinære driftsutgifter og utgifter knytte til den samla utgreiings- og rådgjevingsverksemda etaten driv på området radioaktiv forureining i det ytre miljøet. Posten er auka med prisjustering og lønnskompensasjon for 2023.

Direktoratet for strålevern og atomtryggleik er Klima- og miljødepartementets direktorat på området radioaktiv forureining i det ytre miljøet og forureiningsstyresmakt etter forureiningslova og har eit beredskapsansvar for akutt radioaktiv forureining.

Den fremste oppgåva til direktoratet er å utøve forvaltningsmynde, skaffe fram informasjon og kunnskap og gje faglege råd. Dette omfattar forvaltning og kartlegging av radioaktiv forureining og av radioaktivt avfall og avfallsstraumar med heimel i forureiningslova.

Verksemder som er omfatta av forvaltningsmyndet til DSA, er mellom anna petroleumsverksemd, sjukehus og forsking, avfallsdeponi, atomanlegga i Halden og på Kjeller, radiofarmasiproduksjon og noko prosess- og mineralindustri.

Atomreaktorane på Kjeller og i Halden er permanent nedstengde, og overgangen mot avviklings- og oppryddingsfasen er påbegynt. Oppryddinga skaper nye oppgåver og utfordringar både for operatøren og for DSA som forvaltnings- og tilsynsmakt. Det krev betydeleg utgreiing, planlegging og kartleggingsarbeid.

Oppryddinga vil krevje løyve etter forureiningslova. Operatøren har ansvaret for å sikre tilstrekkeleg lager- og deponikapasitet for eksisterande og framtidig avfall frå atomverksemd. Dette omfattar også løysingar for det brukte brenselet frå reaktorane og etablering av nytt lager for anna radioaktivt avfall. DSA rettleier operatøren i arbeidet med avvikling og opprydding av norsk nukleær verksemd. Dei gjev òg råd til departementa i arbeidet med opprydding etter norsk nukleær verksemd og handtering av det brukte brenselet.

DSA arbeider med å vareta Noregs forpliktingar etter felleskonvensjonen om radioaktivt avfall under IAEA (Joint Convention) for å sikre at forpliktingane i konvensjonen er varetekne i norsk regelverk og forvaltningspraksis. DSA deltek også i anna relevant internasjonalt samarbeid knytt til radioaktiv forureining og radioaktivt avfall.

DSA har ansvaret for å støtte og gje råd i oppfølginga av beredskapsansvaret til departementet. DSA deltek òg i arbeidet med forvaltningsplanane for norske havområde.

Som følgje av ei forventning om auka bruk av radioaktive legemiddel i kreftbehandling framover ser DSA at det er behov for meir kunnskap om eksponeringssituasjonen i avløpssystemet og oppførselen til dei radioaktive stoffa i mellom anna Oslofjorden. DSA har gjennomført ei miljøkartlegging som viser at det er låg risiko for levande organismar i Oslofjorden, men at det også må nyttast andre målemetodar. Kartlegginga har gjeve auka kunnskapsgrunnlag om radioaktiv forureining frå helsesektoren og forureiningssituasjonen i Oslofjorden i dag. DSA tek del i heilskapleg plan for Oslofjorden, og prosjektet bidreg inn i internasjonalt samarbeid om å utvikle miljørisikovurderingar.

Overvaking av radioaktiv forureining skal gje oppdatert informasjon om miljøtilstanden og medverke til å oppdage og vurdere omfang av eventuelle nye utslepp. Mellom anna krigen i Ukraina og auken i talet på reaktordrivne farkostar i norske farvatn, har aktualisert behovet for overvaking. Vidare skal overvakinga dokumentere nivå og gje kunnskap om langtidsutvikling av radioaktiv forureining i miljøet. DSA har ansvar for å koordinere nasjonal overvaking av radioaktivitet og stråling i det ytre miljøet, i samarbeid med andre relevante institusjonar og fagmiljø.

Rapportering frå dei nasjonale overvakingsprogramma til Miljøstatus og resultatet frå det marine miljøet er sentrale i vurderingane av måloppnåinga i Oslo-Paris-konvensjonen (OSPAR) og for rapportering til Arctic Monitoring and Assessment Programme (AMAP).

For å redusere risikoen for forureining frå utanlandske kjelder har DSA løpande dialog med relevante styresmakter for å auke kunnskapen om og beredskapen rundt transport av radioaktivt avfall og trafikk av reaktordrivne farkostar i nærområda våre. Dette blir mellom anna gjort som del av deltakinga vår i Arktisk råds AMAP- og EPPR-arbeidsgrupper der DSA leier ekspertgruppene innan radioaktivitet.

DSA følgjer fortløpande utviklinga ved kjernekraftverka i Ukraina og bereknar moglege konsekvensar for radioaktiv forureining for Noreg og norske interesser.

DSA bidreg til auka kunnskap for forvaltning av naturleg førekommande radioaktive stoff (NORM) og radon gjennom samarbeidet i EURATOM-prosjektet RadoNorm.

I samarbeid med NILU overvaker DSA UV-stråling frå sola for å følgje med på konsekvensar for helse og miljø og påverknaden av utslepp av ozonnedbrytande stoff til atmosfæren over tid. Data blir nytta til forsking og informasjon til folk.

Rapport 2022

DSA har gjeve betydeleg rettleiing knytt til opprydding etter atomverksemd og handtering av brukt kjernebrensel til både IFE og NND (Norsk nukleær dekommisjonering). DSA har komme med råd og medverka til arbeidet til departementet med ein strategi for trygg, sikker og forsvarleg handtering av radioaktivt avfall i Noreg. Hausten 2022 starta DSA arbeidet med rettleiing knytt til ein gjennomføringsplan for opprydding etter atomverksemd i Noreg på oppdrag frå departementa.

I 2022 har DSA samarbeidd med Miljødirektoratet om forvaltning av forureiningslova, om tilsyn og eit styrkt kunnskapsgrunnlag. DSA har jobba med å vidareutvikle planverk for akutt radioaktiv forureining.

DSA har delteke i Fagleg forum for forvaltningsplanar for norske havområde og bidrege til oppdateringa av faggrunnlaget for forvaltningsplanane. DSA deltek også i Overvakingsgruppa, rådgjevande faggruppe i arbeidet med heilskapleg økosystembasert forvaltning av norske havområde.

Vidare deltek DSA i samarbeidet i dei europeiske strålevernplattformene som er sentrale i utviklinga av strategiske forskingsagendaer (SRA) for strålevern. I 2022 har DSA òg delteke i europeiske prosjekt om kunnskapsgrunnlaget for forvaltning av radon og NORM. DSA deltek i fleire prosjekt ved Senter for framifrå forsking (CERAD) og bidreg i internasjonale arbeidsgrupper som skal identifisere behov for kunnskap og kompetanse nasjonalt innan dekommisjonering og radioaktivt avfall. DSA deltok i eit prosjekt under Miljøgiftflaggskipet i Framsenteret i 2022 i samarbeid med Havforskingsinstituttet og Noregs geologiske undersøking om å kartleggje NORM i sediment i norske farvatn. Prosjektet samlar kunnskap om utslepp og spreiing av radionuklidar som finst naturleg i det marine miljøet, og skal styrkje forvaltninga av petroleumsindustrien.

DSA har rapportert tal frå miljøovervakinga i norske havområde til OSPAR og har bidrege inn i arbeidet med utvikling av ny OSPAR-strategi og med å vurdere om ein har oppfylt noverande strategi. I 2022 var DSA vertskap for møte i OSPARs komité for radioaktivitet, og DSA leier radioaktivitetsgruppa under FN si arbeidsgruppe GESAMP om påverknaden klimaendringar har på forureining av havet, og eit prosjekt for å få ei global oppdatering av radioaktivitet i det marine miljø.

Samarbeidet med Russland, inkludert ekspertgruppa for undersøkingar av radioaktiv forureining under den norsk-russiske miljøvernkommisjonen, vart sett på vent etter at Russland gjekk til fullskala angrep på Ukraina i februar 2022.

DSA har arbeidd med konsekvensvurderingar av den russiske ubåten «Komsomolets» og av flytande kjernekraftverk.

DSA har utarbeidd miljøovervakingsprogram for anløpsstadene for dei reaktordrivne fartøya og analyserer i tillegg rutinemessig miljøprøvar ved kvart hamneanløp etter avtale med Forsvaret.

Dei nasjonale miljøovervakingsprogramma (marint, terrestrisk og limnisk) er gjennomførte som planlagt i samarbeid med Havforskingsinstituttet, Norsk institutt for naturforsking og Universitetet i Oslo. Utvikling av radioaktiv forureining i jord og overføring til nøkkelartar frå ulike økosystem er samanfatta i rapportar og rapportert til Miljøstatus.

DSA har vidareført overvakinga av UV-stråling frå sola og samarbeid med MET. Dataa er nytta til årlege ‘State of the Climate’-publikasjonar om UV og ozon i Arktis og til andre internasjonale publikasjonar. DSA og NILU har skifta ut fire av ni instrument med nye instrument. Dei siste fem instrumenta av gammal type må bytast ut dei neste åra.

DSA har gjeve 30 løyve til utslepp av radioaktiv forureining og handtering av radioaktivt avfall, fordelte på petroleumsverksemd, sjukehus og deponi. Dette er både nye løyve og endringar i eksisterande løyve. DSA har motteke utsleppssøknader frå protonterapianlegget på Radiumhospitalet. Det har blitt gjennomført fire tilsyn etter forureiningslova med landbaserte behandlingsanlegg i petroleumsindustrien, der det ikkje vart avdekt avvik.

Kap. 4423 Radioaktiv forureining i det ytre miljø

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2022

Saldert budsjett 2023

Forslag 2024

01

Gebyr, radioaktiv forureining

732

1 079

1 127

Sum kap. 4423

732

1 079

1 127

Posten dekkjer inntekter som Direktoratet for strålevern og atomtryggleik har i samband med gebyr forankra i forureiningslova § 52 a, forskrift om avgrensa utslepp kapittel 39. Kap. 1423, post 01, kan overskridast tilsvarande eventuelle meirinntekter under denne posten, jf. forslag til vedtak II.

Kap. 1424 Senter mot marin forsøpling

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2022

Saldert budsjett 2023

Forslag 2024

01

Driftsutgifter

39 300

24 006

21

Spesielle driftsutgifter

1 000

1 026

71

Marin forsøpling, kan overførast

30 417

Sum kap. 1424

40 300

55 449

Senter mot marin forsøpling er frå 1. januar ikkje lenger eit eige forvaltningsorgan under Klima- og miljødepartementet, men blir lagt inn under Miljødirektoratet. Kap. 1424 vil difor no berre omhandle rapportering frå 2022. Kap. 1424, post 01, 21 og 71, er lagt ned og blir no omfatta av kap. 1420, post 01, 21 og 71.

Resultatrapport 2022

Senteret har i 2022 levert på oppdrag i tildelingsbrev og samstundes vidareutvikla driftsforma og oppgåvene sine. Senteret har i løpet av året evaluert måten å innrette tilskotsordninga på og gjennomført effektivisering av søknadsbehandlinga. Etablerte digitale verktøy og plattformer er vidareutvikla gjennom året. Senteret har i 2022 leidd Statleg samarbeidsforum og oppretta Nasjonalt samhandlingsråd, eit forum for opprydding av marin forsøpling for private, statlege og frivillige aktørar.

Post 71 Marin forsøpling, kan overførast

Resultatrapport 2022

Sjå under kap. 1420, post 71, der pengane vart løyvde i 2022.

Kap. 1425 Fisketiltak

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2022

Saldert budsjett 2023

Forslag 2024

21

Spesielle driftsutgifter

298

300

300

70

Tilskot til fiskeformål, kan overførast

14 950

17 165

16 386

Sum kap. 1425

15 248

17 465

16 686

Kap. 1425 Fisketiltak omfattar utgifter til fisketiltak og delar av fiskeforvaltninga. Midlane under kap. 1425 er primært retta mot resultatområdet Naturmangfald, men involverer òg resultatområdet Friluftsliv gjennom tilrettelegging for fiske.

Samla sett er løyvinga under kap. 1425 redusert med 0,8 mill. kroner samanlikna med saldert budsjett for 2023. Utgiftene over kap. 1425 er finansierte ved avgift på fiske, som saman med utgifter til forvaltning av ordninga under kap. 1420, post 01, korresponderer med inntektsløyvingane over kap. 5578 Sektoravgifter under Klima- og miljødepartementet, post 72 Fiskaravgifter.

For nærmare utgreiing om avgiftene og forholdet mellom kap. 1425, 1420, 5578 og inntektene til fondet viser vi til omtale under kap. 5578.

Lønn og godtgjersler til fast tilsette innan det statlege verksemdsområdet blir ikkje dekte over kap. 1425, men over kap. 1420 Miljødirektoratet og kap. 525 Statsforvaltarane.

Bruken av fondsmidlane blir drøfta med representantar for brukarinteressene. Dette må sjåast i samanheng med at arbeidet er basert på driftsplanar, og at dei sentrale ledda i frivillige organisasjonar skal arbeide for å oppnå den same målsetjinga.

Post 21 Spesielle driftsutgifter

Midlane under posten er retta mot resultatområda Naturmangfald og Friluftsliv.

Posten dekkjer utgifter til drift av betalingstenesta for fiskaravgiftene. Løyvinga er den same som i 2023, 0,3 mill. kroner.

Rapport 2022

Løyvinga er nytta til drift av betalingstenesta for fiskaravgift.

Post 70 Tilskot til fiskeformål, kan overførast

Tilskotsordninga er retta mot resultatområda Naturmangfald og Friluftsliv. Løyvinga er redusert med 0,8 mill. kroner til 16,4 mill. kroner. Løyvinga skal gå til å dekkje både lokale og sentrale tiltak.

Mål

Målet med tilskotsordninga er å medverke til å sikre og utvikle bestandar av vill anadrom laksefisk og leggje til rette for og motivere til fiske etter anadrom laksefisk.

Kriterium for måloppnåing

Kriterium for måloppnåing er om ordninga medverkar til å nå målsetjingane for anadrom laksefisk. Den faktiske effekten av tilskota kan ikkje målast frå år til år, men må vurderast i eit langsiktig perspektiv og i samanheng med andre verkemiddel og årsaksforhold.

Tildelingskriterium

Tiltak som kan få tilskot, er tiltak knytte til informasjon om og forvaltning av villaks, sjøaure og sjørøye, under dette kultiveringstiltak, driftsplanlegging, bruksretta forsking og overvaking. Det kan vidare bli gjeve tilskot til tiltak som betrar tilgangen på og høvet til fiske for allmenta, og tiltak retta mot rekruttering eller stimulering til fiske.

Oppfølging og kontroll

Resultatkontroll og oppfølging skjer ved at tilskotsmottakarane leverer sluttrapportar og rekneskapar og eventuelt framdriftsrapportar med rekneskap. Det blir gjort ein generell formalia- og sannsynskontroll av rapportane og rekneskapane.

Rapport 2022

I 2022 vart det gjeve tilskot til tiltak i regi av landsdekkjande organisasjonar knytte til informasjon og forvaltning av anadrom laksefisk, til tiltak retta mot rekruttering og stimulering til fiske og til utbetring av laksetrapper. Det er vidare gjeve tilskot til bruksretta forsking og overvaking.

Ein stor del av tilskotsposten er disponert av statsforvaltarane for å støtte tiltak som informasjon, bruksretta forsking og overvaking, tilrettelegging og arrangement, kultiveringstiltak og driftsplanlegging. Samla har dette medverka til betre forvaltning av laks, sjøaure og sjørøye og ei meir berekraftig hausting av desse fiskeressursane. Tilskota har òg medverka til å styrkje kunnskapsgrunnlaget, til informasjon og formidling av tilstand og utfordringar knytte til anadrom laksefisk, og dei har medverka til å auke interessa for friluftsliv og fiske, særleg blant barn og unge.

Kap. 1428 Enova SF

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2022

Saldert budsjett 2023

Forslag 2024

50

Overføring til Klima- og energifondet

4 136 706

5 436 183

5 661 669

51

Mellombels energitilskotsordning til næringslivet ifb. høge straumprisar

1 600 000

1 200 000

Sum kap. 1428

5 736 706

6 636 183

5 661 669

Statsføretaket Enova forvaltar midlane frå Klima- og energifondet og er eit spesialverktøy for å fremje innovasjon og utvikling av nye klima- og energiløysingar. Formålet til Enova er å bidra til å nå Noregs klimaforpliktingar og bidra til omstillinga til lågutsleppssamfunnet. Støtte frå Enova skal avlaste risiko og kostnader for dei som er først ute med å teste nye løysingar. Nedslagsfeltet til Enova er knytt til seinfase teknologiutvikling og tidleg marknadsintroduksjon. Aktiviteten skal innrettast med sikte på å oppnå varige marknadsendringar slik at løysingar tilpassa lågutsleppssamfunnet på sikt blir føretrekte utan støtte. Enova er lokalisert i Trondheim og hadde om lag 79 årsverk i 2022.

Vi har ambisiøse mål i klimapolitikken og skal på kort tid omstille oss til eit lågutsleppssamfunn. Som eit delmål på vegen mot netto-null-utslepp og lågutsleppssamfunnet har regjeringa sett eit omstillingsmål for heile økonomien i 2030. Dette er formulert som eit mål om å kutte norske utslepp med 55 pst. samanlikna med 1990. Vi har samstundes avgrensa med midlar til å utløyse dei nødvendige endringane. Enova er difor sett opp for effektivt å kunne bruke dei midlane som er stilte til rådvelde. Hovudelementet er ei overordna styring gjennom fireårige styringsavtalar mellom departementet og Enova om forvaltninga av midlane frå Klima- og energifondet.

Regjeringa foreslår for 2024 ei samla løyving for Enova på 5,8 mrd. kroner, inkludert påslaget på nettariffen. I dette inngår ei auke på KLDs budsjett på 225,5 mill. kroner. I tillegg foreslås ei løyving på 180 mill. kroner over budsjettet til Olje- og energidepartementet knytt til energi og oppfølging av regjeringa sin handlingsplan for energieffektivisering. Enova bidreg til å forsere innovasjonen og utsleppsreduksjonane vi må få til for å nå klimamåla våre. Til dømes elektrifisering av transportsektoren, ammoniakk/hydrogen i maritim sektor og innovasjon i industrien og innan produksjon av biodrivstoff/biogass. Midlane skal forvaltast i samsvar med måla og føringane i styringsavtalen mellom Enova og Klima- og miljødepartementet, der Enova har fått atskilleg med fagleg fridom og fleksibilitet til å forme ut ordningar og gje tilsegn til prosjekt slik at midlane blir utnytta mest mogleg effektivt. Regjeringa auka også i 2022 og 2023 løyvingane til Klima- og energifondet. Inkludert løyvingane over Olje- og energidepartementet sitt budsjett har regjeringa til saman auka løyvinga til Enova med 2,5 mrd. kroner, til 5,8 mrd. kroner totalt.

Mål

Styringsavtalen legg rammer for verksemda til Enova, set mål for aktiviteten og stiller krav til rapportering. Avtalen skal sikre at midlane frå fondet blir forvalta i samsvar med dei måla og føresetnadene som ligg til grunn for Stortingets vedtak om oppretting av fondet og andre rammer som gjeld for bruken av midlane i fondet. Styringsavtalen gjev Enova langsiktige økonomiske rammer og stor fagleg fridom til å rette innsatsen mot dei områda der moglegheitene for å påverke utviklinga er størst, og mot teknologiar og løysingar som er tilpassa lågutsleppssamfunnet. Styringsmodellen gjev Enova høve til å utnytte effektivt dei ressursane som er stilte til rådvelde.

Fagleg fridom og overordna styring inneber lite øyremerking av midlar eller aktivitetar. Øyremerking gjer Enova mindre fleksibel og vil medverke til mindre effektiv måloppnåing. Det er dessutan vanskeleg å føresjå i dag kva som treng kor mykje stønad i morgon. I lys av uvissa rundt farten på teknologiutviklinga i ulike sektorar vil fleksibiliteten innanfor rammene av avtalen vere enda viktigare i åra framover. Vi har store utfordringar framfor oss dei neste åra.

Enova er som verkemiddel retta mot seinfase teknologiutvikling og tidleg marknadsintroduksjon. Seinfase teknologiutvikling inneber at den viktigaste forskingsaktiviteten er avslutta og løysingane er modne for å utprøvast i større skala. Stønad skal medverke til å auke tempoet og omfanget av pilotering, demonstrasjon og fullskala testing, slik at nye teknologiar og løysingar kjem raskare ut på marknaden. Dersom løysingane skal medverke til utsleppsreduksjonar, må dei takast i bruk i tilstrekkeleg omfang, noko som avheng av om dei kan konkurrere med fossile løysingar. Aktiviteten til Enova skal difor innrettast med sikte på å oppnå varige marknadsendringar, slik at løysingar tilpassa lågutsleppssamfunnet på sikt blir føretrekte utan stønad. Etter at Enova har medverka til tidleg marknadsintroduksjon av ei løysing, til dømes elektriske varebilar, tek andre verkemiddel som prising av utslepp og regulering over for å fremje utbreiinga av løysingane i marknaden. Ein viktig del av arbeidet til Enova er såleis å vurdere kva tid nye løysingar og teknologiar kan klare seg i marknaden med mindre hjelp, og kva tid dei kan stå på eigne bein. Det ligg dermed i Enova sin natur at dei trappar ned og avsluttar støtte til ulike segment etter kvart som marknaden og teknologien utviklar seg. Enova må stadig prioritere kvar innsatsen vår gjev størst effekt slik at fellesskapen sine midlar blir brukte mest mogleg effektivt. Det er mykje som må skje for at vi skal nå klimamåla våre.

Formålet til Enova, nedfelt i styringsavtalen, speglar av behovet for handling både på kort og på lengre sikt og at arbeidet med å nå 2030-måla våre må skje på ein måte som også lèt oss nå måla våre mot 2050. Formålet blir utdjupa og konkretisert gjennom delmål om å medverke til a) reduserte ikkje-kvotepliktige klimagassutslepp mot 2030 og b) teknologiutvikling og innovasjon som medverkar til utsleppsreduksjonar fram mot lågutsleppssamfunnet i 2050.

Enova eit viktig verkemiddel i arbeidet med å redusere dei ikkje-kvotepliktige klimagassutsleppa våre. Transportsektoren utgjer ein stor del av aktiviteten til Enova på grunn av store utslepp, stort behov for teknologiutvikling i dei tyngre segmenta og etter kvart stadig fleire køyretøy og fartøy som er klare for marknadsintroduksjon. Enova er òg eit viktig verkemiddel for stønad til infrastruktur for nullutsleppsdrivstoff for køyretøy og fartøy i den tidlege fasen der det er nødvendig med offentleg stønad. Enova har i fleire år støtta opp om marknaden for ladeinfrastruktur for personbilar og har bidrege til ein marknad som no står på eigne bein. No har Enova dreidd innsatsen over til tyngre køyretøyssegment og har gjennom to rundar støtta utbygging av totalt 329 ladepunkter på bedriftene sine eigne område med til saman 81 mill. kroner. For å følgje opp ladestrategien til regjeringa og satsinga på offentleg ladeinfrastruktur har Enova også lansert eit støtteprogram for offentleg ladeinfrastruktur for tunge køyretøy. Støtteprogrammet byggjer på Statens vegvesen sin rapport frå juni, som har identifisert stader som er eigna for utbygging av slik infrastruktur.

Vi er avhengige av teknologiutvikling og innovasjon i alle sektorar for å redusere utsleppa våre og greie omstillinga til lågutsleppssamfunnet utan reduksjon i velferda. Dette gjeld så vel innanfor industri som for transportsektoren. I kvotepliktig industri er det til dømes behov for vedvarande innsats retta mot teknologiutvikling for å omstille sektoren. Utviklingsløpa her er til dels svært lange. Teknologiutviklinga i åra framover er avgjerande for å ha det rette utgangstempoet frå 2030 og dermed halde fram med å redusere utslepp også etter 2030. I industrien er ein monaleg del av utsleppa knytt til relativt få og store punktutslepp. Regjeringa har saman med SV løyvd midlar til ei auka satsing gjennom Enova på slike punktutslepp. Som ei oppfølging av dette har Enova i 2023 oppretta eit punktutsleppsprogram – Industri 2050, retta mot innovasjon og utsleppsreduksjonar i industrien. Gjennom programmet støttar Enova utvikling og realisering av teknologisprang som bidreg til ein industri tilpassa lågutsleppssamfunnet. Til dømes støttar dei reduksjon av bruken av fossile energiberarar til oppvarming og mekaniske arbeidsprosessar, reduksjon av klimagassutslepp frå produksjonsprosessar og fangst og permanent lagring av CO2-utslepp. Vi er òg avhengige av ei tilstrekkeleg teknologiutvikling i andre sektorar for å gjere det mogleg å redusere utsleppa fram mot 2030. Mykje utvikling og pilotering står til dømes att før nullutsleppsløysingar er klare for marknaden i dei tyngre transportsegmenta og i skipsfarten. Også her har Enova monaleg aktivitet, til dømes gjennom stønad til fleire fartøy som nyttar hydrogenbaserte drivstoff. Enova støttar også innovative prosjekt innan produksjon av biodrivstoff og biogass, og bidrar med det reduserte kostnadar ved slik produksjon, slik at desse drivstoffa blir meir konkurransedyktige mot fossile alternativ.

Styrkt satsing på energi og energieffektivisering – omtale av oppmodingsvedtak

For å nå klimamåla våre og greie omstillinga til lågutsleppssamfunnet krevst det omfattande elektrifisering, ikkje minst i transportsektoren og industrien. I tillegg ligg det føre planar om ny næringsverksemd med store kraftbehov. Til saman gjev det eit behov for ny fornybar kraftproduksjon og effektiv bruk av krafta i åra som kjem. Samstundes er det slik at kraftsituasjonen i Noreg blir prega av energi- og kraftsituasjonen i Europa. I tillegg til sjølve krafta vil elektrifiseringstiltak i mange tilfelle krevje utbygging og forsterking av kraftnettet. Dette tek også tid og har kostnader. Auka kraftproduksjon, effektiv bruk av krafta vi har, og evna kraftnettet har til å overføre kraft, er difor faktorar som har svært mykje å seie for om og når elektrifiseringstiltak kan bli realiserte, og oppnåinga av klimamåla våre og omstillinga til lågutsleppssamfunnet.

I lys av den tette koplinga mellom klima, energi og energieffektivisering, og som oppfølging av oppmodingsvedtak 21, 22, 23, 507, 508 og 509, presiserte regjeringa i mars 2023 mandatet til Enova om Energi, jf. tilleggsavtale av 15. februar 2023 om forvaltning av midlane frå Klima- og energifondet, sjå også omtale under oppmodingsvedtak. Der går det fram at Enova skal finne gode løsninger som tar hensyn til behovet for et effektivt energisystem. Det innebærer at Enova blant annet skal bidra til mer effektiv bruk av energi, mer effektiv utnyttelse av eksisterende nett og utvikling av nye energiteknologier i alle sektorer. Mandatet omfattar no energieffektivisering i alle sektorar og opnar i større grad for støtte til moden og velkjend teknologi, i umodne marknader.

Det presiserte mandatet og den styrkte rolla til Enova på energi og energieffektivisering inngår som ein del av regjeringa sin heilskaplege handlingsplan for energieffektivisering. Støtte kan spele ei viktig rolle i ein overgangsperiode, men kan ikkje aleine utløyse endringane vi treng. Verkemiddel må verke saman på ein måte som gjev varige marknadsendringar. Handlingsplanen tek for seg alle delar av norsk økonomi og heilskapen i verkemidla og rammevilkåra som påverkar energieffektivisering. Regjeringa har i denne samanheng foreslått å løye 495 mill. kroner over budsjettet til Olje- og energidepartementet til å følgje opp planen. 180 mill. kroner av desse blir løyvde Enova for å ytterlegare styrkje energisatsinga, med særleg vekt på energieffektivisering mellom anna i bygg. Sjå nærmare omtale under budsjettet til Olje- og energidepartementet.

Regjeringa er oppteken av at ei styrkt satsing på energieffektivisering skal vere basert på faglege vurderingar. Departementet bad difor Enova levere ei tilråding, irekna om kva for nærmare definerte kriterium som kan liggje til grunn for støtte til meir moden og velkjend teknologi. Som nærmare definerte kriterium legg Enova til grunn at det (1) må vurderast som sannsynleg at varig marknadsendring kan oppnåast, og (2) at det på sikt vil komme på plass andre rammevilkår (til dømes reguleringar) som sikrar den vidare utbreiinga av teknologien. (3) Tilskot må dessutan kunne avsluttast når marknaden er moden, eller når andre rammevilkår er på plass på ein måte som ikkje fører til stans i marknaden. For ein del modne og velkjende teknologiar har det ikkje vakse fram ein moden marknad. For slike teknologiar påpeiker Enova at støtte med mål om tidleg marknadsintroduksjon kan vere effektivt. Støtta til spesifikke løysingar bør da ha mål om auka volum, vidare teknologiutvikling og forbetring som reduserer kostnadene. Målet bør vere at vidare marknadsutbreiing på sikt kan skje utan støtte. Enovatilskotet er innretta slik, og støtte i marknaden for energitenester kan følgje same mønster.

Eventuelt tilskot til moden teknologi i ein moden marknad bør rettast mot målgrupper som ikkje har anledning til å delta i marknaden på grunn av økonomisk situasjon eller andre særlege forhold, til dømes låginntektsgrupper. Regjeringa meiner det er viktig å bidra til at det også for hushalda med lågare inntekter blir mogleg å få energieffektivisert bustadene sine. Denne gruppa er særleg utsett for høge prisar og har samstundes lite rom for å prioritere energieffektiviseringstiltak. Regjeringa har løfta denne gruppa i 2023-budsjettet, og det er løyvd 260 mill. kroner til formålet gjennom Husbanken. Regjeringa foreslår å styrkje satsinga gjennom ei løyving på 300 mill. kroner i 2024. Sjå nærmare omtale under budsjettet til Olje- og energidepartementet.

I 2023 har Enova styrkt satsinga på energi og energieffektivisering. Til saman legg Enova opp til å støtte energieffektivisering og energi meir i breitt med mellom 1,5 mrd. og 2 mrd. kroner i år. Av dette vil om lag ein halv milliard vere styrkt enøksatsing. Satsinga legg vekt på å byggje ned barrierar og skape varige marknadsendringar slik at energieffektiviseringspotensialet på sikt i større grad kan utløysast utan støtte.

Satsinga inkluderer investeringsstøtte retta mot yrkesbygg, burettslag og sameige som blir kopla til forbetra energiyting basert på ei grundig kartlegging som bidreg til å løyse opp i informasjonsbarrieren og stimulerer til vekst i marknaden for energitenester. Å rette merksemda mot samla energiyting heller enn mot enkeltteknologiar overlèt til kompetente fagpersonar å tilrå løysingar tilpassa den aktuelle bygningen. Enova har dessutan styrkt satsinga på einebustader og småhus gjennom Enovatilskotet ved å auke budsjettet. Enova vil også vidareutvikle informasjonsverkemidla sine som kursing av energirådgjevarar og utvikling av utrekningsverktøy for å løyse kunnskaps- og kompetansebarrierer i hushaldningsmarknaden. Enova vil dessutan halde fram med å forsterke den omfattande innsatsen mot effektive og fleksible energisystem gjennom til dømes fjernvarme, varmesentralar, utnytting av overskotsvarme i industrien og utvikling av ny teknologi som havvind.

Som ein del av oppdraget frå departementet om å orientere om korleis dei vil innrette aktiviteten retta mot energi, vart Enova også bede om å vurdere oppmodingsvedtak 22 om å vurdere å endre dagens Enova-tilskudd «helhetlig oppgradering av bygningskropp» slik at husholdninger kan få tilskudd også når bare deler av bygningen oppgraderes. Enova har som mål at satsinga deira på energioppgradering av bustad skal skape varig marknadsendring, og at energioppgradering med høg ambisjon blir normalt som ein del av rehabilitering. Gjennom det noverande tilskotet til heilskaplege oppgraderingsprosjekt motiverer Enova til føredømeprosjekt som ifølgje Enova bidreg til auka kompetanse i bransjen og til haldningsutvikling hos bustadeigarar. Energiambisjonen blir sikra ved at ein energirådgjevar lagar ein energiplan, samordna med energimerkeordninga, før oppgradering og verifiserer at planlagde energitiltak er utførte før tilskot blir betalt ut. Enova påpeiker at heilskaplege oppgraderingsprosjekt er ettertrakta av utførande aktørar fordi det gjev tydelege føredømeprosjekt for eigen portefølje, og fordi prosjekta får eit omfang som gjer dei meir attraktive for dei mest kompetente aktørane på leverandørsida.

Enova vurderer at eit eventuelt tilskot til stegvis oppgradering ville kunne bidra noko til å auke andelen rehabiliteringstiltak som inkluderer energioppgradering, og til å auke ambisjonen i energitiltaka som blir gjennomførte. Samstundes viser Enova til tal frå Prognosesenteret som indikerer at om lag 75 pst. av fasaderehabiliteringsprosjekta som blir gjorde i dag, inkluderer element av energioppgradering. Dei aller fleste av desse oppgraderingsprosjekta kan karakteriserast som stegvis oppgradering. Det vil seie at ein høg andel av eit eventuelt tilskot til stegvis oppgradering vil gå til prosjekt som også ville ha blitt gjennomførte utan tilskot, altså lite kostnadseffektiv verkemiddelbruk.

Ei eventuell støtteordning til stegvis oppgradering burde etter Enovas vurdering knytast til prosentvis forbetring av samla energiyting, på same måten som det Enova no legg opp til for fleirbustadhus og næringsbygg. Ei slik støtte burde etter Enovas vurdering i så fall gjerast gjennom ei kopling til Energimerkeordninga. Utfordringa er at det noverande energimerket ikkje er ein eigna indikator for energitiltak i ei støtteordning retta mot einebustader og småhus, ikkje minst fordi det ikkje føreset merking gjord av ein profesjonell aktør. Marknaden for rehabilitering i bustader er stor og moden. Det at mange gjennomfører energieffektiviseringstiltak i dag, gjer at budsjettramma for ei eventuell støtteordning fort blir tilsvarande stor. Enova estimerer at den skisserte måten dette er innretta for næringsbygg, gjennomført i marknaden for einebustader og småhus, ville kravd eit årleg budsjett i storleiken 2 mrd. kroner. Ein stor del av støtta ville gått til prosjekt som hadde blitt realiserte utan støtte ettersom det er vanskeleg å skilje ut dei som gjennomfører også utan støtte.

Enova skal bidra til varige marknadsendringar, og dermed utsleppskutt og omstilling, i ulike segment og marknader. Enova skal gjennom rapportering gjere effekten av Enova synleg og gjere greie for arbeidet med å oppfylle formål, delmål og andre føringar i styringsavtalen. I rapportering på effekten av Enova skal kvalitative vurderingar bli underbygde med relevante indikatorar på marknadsendring, konkrete prosjekt og resultat som dokumenterer utviklinga. Ein del av denne rapporteringa skjer gjennom to målindikatorar, som reflekterer dei to delmåla til Enova – ein utsleppsindikator og ein innovasjonsindikator. Målindikatorane skal saman med anna kvalitativ og kvantitativ rapportering gje indikasjon på måloppnåinga til Enova undervegs i avtaleperioden og vil utgjere ein del av grunnlaget for styringsdialogen mellom departementet og Enova. Formål, delmål og resterande føringar i avtalen vil vere bestemmande for korleis Enova innrettar aktiviteten sin. Ved inngangen til 2023 var nivået på målindikatorane 1,3 mill. tonn ikkje-kvotepliktige CO2-ekvivalentar for utsleppsindikatoren og 10 mrd. kroner i utløyst innovasjonskapital for innovasjonsindikatoren. Desse vart i februar 2023 auka til høvesvis 1,6 mill. tonn ikkje-kvotepliktige CO2-ekvivalentar og 12 mrd. kroner i utløyst innovasjonskapital i samband med tilleggsløyvinga på 1,4 mrd. kroner.

I tillegg til målindikatorar har Enova ei brei og tilgjengeleg rapportering om aktiviteten sin. Årsrapporten for 2022 er tilgjengeleg i digitalt format. Han inneheld mellom anna omtalar som i enno større grad enn tidlegare søkjer å teikne lengre linjer i skildringa av effekten Enova har på marknadene dei er inne i.

Styringsavtalen stiller opp avtalefesta aktivitetar på enkelte område, som Enova skal følgje opp gjennom programma sine. Enova skal

  • som staten sitt verkemiddel for støtte i ein tidleg fase bidra til utvikling av drivstoffinfrastruktur for utsleppsfri transport, under dette el og hydrogen

  • som del av aktiviteten retta mot tidleg marknadsintroduksjon ha eit tilbod til næringstransport, Nullutsleppsfondet, med formål om å redusere klimagassutslepp frå næringstransport og bidra til omstillinga til lågutsleppssamfunnet gjennom ein raskare marknadsintroduksjon og -vekst av nullutsleppsteknologi i næringskøyretøy og -fartøy

  • årleg stille til disposisjon minimum 300 mill. kroner til tiltak hos hushald og forbrukarar for å bidra til reduserte klimagassutslepp og omstilling til lågutsleppssamfunnet

  • ha eit landsdekkjande tilbod av informasjons- og rådgjevingstenester

  • ta hand om drifta og utviklinga av energimerkeordninga og ordninga for energivurdering av tekniske anlegg

  • vareta drifta og utviklinga av ei rapporteringsløysing for energikartlegging retta mot store verksemder – vareta drifta og utviklinga av NOBIL-databasen

  • som ein del av aktiviteten retta mot innovasjon og utsleppsreduksjonar i industrien ha ei forsterka satsing retta mot punktutslepp og opprette eit punktutsleppsprogram

Resultatrapport 2022

I Enovas årsrapport, tilgjengeleg på 2022.enova.no, finst ei utdjupande rapportering frå verksemda i 2022. Årsrapporten inneheld mellom anna «Markedsutvikling med Enova» og «Fremtidutsikter og lederstjerner», der ein kan lese om enkeltsektorar som Enova har aktivitet mot, og kva som må til for å klare omstillinga til lågutsleppssamfunnet i 2050. Førstnemnde tek for seg status i enkeltsektorar og korleis Enova arbeider med desse sektorane for å realisere utsleppskutt og omstilling gjennom varig marknadsendring på kort og lang sikt. «Fremtidsutsikter og lederstjerner» løftar fram innovative menneske og verksemder som går føre og flyttar bedrifta, bransjen og Noreg inn i framtida.

I 2022 rekneskapsførte Enova eit administrasjonstilskot på 176,5 mill. kroner. Enova hadde eit årsresultat på om lag 11,3 mill. kroner. Annan eigenkapital var om lag 42,4 mill. kroner per 31. desember 2022.

Enova skal vere ein liten og fleksibel organisasjon som forvaltar offentlege ressursar på ein mest mogleg effektiv måte. Enova har dei siste åra retta stor innsats mot digitalisering og automatisering av arbeidsprosessar som gjev ei meir effektiv saksbehandling og det nødvendige handlingsrommet til å behandle eit aukande tal søknader. I fleire av programma som er lanserte dei siste åra, til dømes Enovatilskotet, stønad til elektriske varebilar og stønad til tunge elektriske køyretøy og batteri i fartøy, har Enova teke i bruk del- eller heilautomatiserte løysingar. Enova har etter eit par år med lågare søknadstilfang opplevd ei dobling i talet på søknader i 2022. Desse søknadene er handterte utan vesentleg auke i saksbehandlarårsverk.

Enova gav i 2022 tilsegn om støtte på om lag 5,4 mrd. kroner til meir enn 6 300 store og små prosjekt og over 15 456 tiltak i norske bustader. Desse prosjekta er forventa å utløyse kapital på 14 mrd. kroner frå marknaden. Dette vil gje ei samla investering på om lag 19 mrd. kroner i prosjekt vedtekne i 2022.

Tilleggsoppdrag – Energitilskotsordninga

Enova fekk i året som har gått, oppgåva med å administrere Energitilskotsordninga. Formålet med Energitilskotsordninga var å hjelpe energiintensive føretak i ein overgangsperiode med å omstille seg i lys av dei høge straum- og fjernvarmeprisane. Totalt fekk Enova 3 338 søknader og gav 3 186 tilsegner på totalt 2 780 mill. kroner.

Transportsektoren

Til saman gav Enova tilsegn om tilskot på om lag 2,9 mrd. kroner til 5 600 prosjekt i transportsektoren i 2022. Av dei totale disponerte midlane gjekk 53 pst. til denne sektoren. Det høge talet transportprosjekt er i stor grad ei følgje av støtteordninga til kjøp av elektrisk varebil under Nullutslippsfondet, som Enova lanserte i 2019. Den store andelen midlar tildelt tiltak innan transport reflekterer også at denne sektoren er den som har stort potensial for å gjennomføre klimatiltak. Transportprosjekta utgjer nær 69 pst. av Enovas utsleppsresultat i 2022 og bidreg også godt med resultat innanfor energi og innovasjon.

På land støttar Enova nullutsleppskøyretøy og -anleggsmaskiner og bidreg med det til at den kommersielle bruken aukar i omfang, og til at marknaden veks. I 2022 har Enova delt ut prosjektstøtte på nærmare 730 mill. kroner innanfor satsingsområdet batterielektriske løysingar på land. Støtta femner om elvarebilar, tunge elektriske køyretøy, anleggsmaskiner og hurtigladarar for elbil. Som eit døme gav Enova stønad til 4 547 elvarebilar, 126 tunge køyretøy, 110 elektriske anleggsmaskiner og 216 ladarar til elvarebil.

Også innanfor maritim transport har det vore meir merksemd på elektrifisering. For å bidra til å styrkje den maritime batteriverdikjeda har Enova i 2022 delt ut prosjektstøtte på 809 mill. kroner fordelte på 135 fartøy. Samstundes som vi ser ei positiv utvikling av batteri i maritim sektor, må vi for dei lange og tunge operasjonane til sjøs nytte oss av annan teknologi for å komme i mål med overgangen til lågutsleppssamfunnet. Her har Enova gjennom det siste året støtta fleire prosjekt som skal ta i bruk og demonstrere teknologiar for nullutsleppsdrivstoff.

For å støtte opp om elektrifiseringa av land- og sjøtransporten har Enova også ei monaleg satsing retta mot drivstoffinfrastruktur for utsleppsfri land- og sjøtransport. Denne satsinga byggjer opp under ei marknadsdriven utbygging av infrastruktur. I Hurdalsplattforma varsla regjeringa at vi ville setje fart på utbygging av ladeinfrastruktur for elbilar i dei delane av landet der slik infrastruktur ikkje var godt utbygd. I 2021 og 2022 støtta Enova til saman 125 prosjekt innanfor dette programmet, av desse er 93 prosjekt i 2022. Enova har mellom anna støtta 16 prosjekt for etablering av fyllestasjon for biogass med totalt 93 mill. kroner. Ytterlegare 96 mill. kroner vart tildelte 70 prosjekt for etablering av ladestasjonar for elbil. I maritim sektor fekk sju prosjekt 60 mill. kroner i støtte for bygging av landstraumanlegg til hamneopphald og lading.

I starten av januar fekk Enova eit tilleggsoppdrag om å støtte fleire ladestasjonar med ekstra midlar på 100 mill. kroner. Søknadsfristen var i slutten av mai, og i slutten av juni kunngjorde Enova at 70 ladestasjonar fekk innvilga støtte. Dei 70 ladestasjonane bestod av 58 nye hurtigladarar, 11 normalladarar i område uten fast vegsamband og ein normalladar ved fjellovergang.

Hydrogen

Hydrogen treng både auka volum og teknologiutvikling før produksjon og forbruk blir kommersielt lønnsamt. I 2022 støtta Enova ei rekkje prosjekt innan maritim sektor for å få i gang verdikjeda for fornybart hydrogen. I juni gav Enova 1,12 mrd. kroner i støtte til etablering av fem produksjonsanlegg for fornybart hydrogen langs norskekysten og dessutan sju hydrogen- og ammoniakkdrivne fartøy. Hystars prosjekt saman med Equinor for PEM elektrolyseteknologi fekk også støtte frå Enova. Teknologien effektiviserer energibruken i produksjon av hydrogen med opptil 10 pst. og bringar dermed hydrogen nærmare lønnsemd.

Ved utgangen av 2022 har Enova støtta til saman 14 fartøy som går på hydrogen eller ammoniakk. I tillegg skal ei handfull fartøy byggjast for å kunne ta i bruk hydrogen når teknologiane modnar. Felles for alle prosjekta er delvis umodne teknologiar og store investeringar samanlikna med for konvensjonelle skip. Samstundes er hydrogen kostbart. Dette er til saman ein stor barriere for å komme i gang med satsinga. For å bidra til å senke den nemnde barrieren lyste Enova mot slutten av 2021 ut ein konkurranse. Fem prosjekt fekk mellom 100 og 150 mill. kroner i støtte kvar. Prosjekta er spreidde mellom Kristiansand i sør til Glomfjord i nord, og den samla støtta til knutepunkta er 669 mill. kroner.

Industri

Det vart innvilga 1,8 mrd. kroner i støtte til 154 industriprosjekt i 2022, noko som utgjorde 33 pst. av den totale støtta. Industriprosjekta som er støtta i 2022, bidreg spesielt godt på målindikatoren for utløyst innovasjonskapital. Sektoren bidreg også mykje til utsleppsresultata.

Døme på industriprosjekt som er støtta av Enova i 2022, er Carbonworks Larvik AS som fekk tilsegn om 47,2 mill. kroner til eit prosjekt som omhandlar berekraftig produksjon av biokarbon og fornybar energi med ORC integrert på sagbruk, og Inovyn Norge med 137,9 mill. kroner til ny og verdsleiande teknologi for å elektrifisere produksjon av vinylklorid.

Energisystem

I 2022 vart det gjeve støtte på 249 mill. kroner til 255 prosjekt som bidreg til vidareutvikling av energisystemet. Dette utgjorde vel 4 pst. av totalt disponerte midlar. Støtte til fjernvarmeprosjekt medverkar til å styrkje forsyningstryggleiken til Noreg ved å redusere effektuttaket frå straumnettet på dei kaldaste vinterdagane.

Det er venta ein sterk vekst i etterspurnaden etter elektrisitet i åra framover. For å få til utsleppsreduksjonar og gjere overgangen til lågutsleppssamfunnet enklare støttar Enova prosjekt som bidreg til eit meir effektivt energisystem. Enova støtta 255 prosjekt under energisystemet i 2022. Enova vil få til marknadsendring innanfor energisystemet på to måtar. Den eine er å bidra til termiske løysingar som aleine eller saman med elektrisitet bidreg til avlasting, medan den andre er å stimulere til å utnytte den fleksibiliteten som allereie finst. I tillegg har Enova ei eiga satsing retta mot innovativ havvind.

Tenesteyting og sluttbruk

Innan Tenesteyting og sluttbruk har Enova støtta 15 768 prosjekt med 492 mill. kroner, som utgjorde 9 pst. av Klima- og energifondets disponeringar i 2022. Dette inkluderer 15 456 tiltak støtta med 285 mill. kroner over Enovatilskotet, som er eit viktig verkemiddel retta mot bustadeigarar. Enovatilskotet speler ei sentral rolle i å skape eit breitt engasjement og merksemd om gjennomføring av energi- og klimatiltak.

Utover Enovatilskotet har hovuddelen av midlane innan Tenesteyting og sluttbruk gått til programma Kartleggingsstøtte for borettslag og boligsameier (54 mill. kroner) og Pilotering av nye energi- og klimateknologi (24 mill. kroner). Prosjekt knytte til kartlegging og prosjektering for ombruk av materiale og fleksibilitet i bygg er støtta med nær 29 mill. kroner.

Aktiviteten i «Enova Svarer» har i 2022 vore prega av høge energiprisar og stor mediedekning av dette. I 2022 auka trafikken med 83 pst. samanlikna med 2021. Enova registrerer ein stor auke i talet på førespurnader frå både privatpersonar og næringsaktørar. Den største auken blant næringsaktørane kjem av den ekstraordinære «Energitilskuddsordningen».

Målindikatorar

I tillegg til andre rammer i avtalen er det utarbeidd to målindikatorar som undervegs i avtaleperioden skal gje indikasjon på Enovas måloppnåing og utgjere eitt av fleire grunnlag for styringsdialogen mellom departementet og Enova. For avtaleperioden 2021 til 2024 er det lagt til grunn at følgjande nivå indikerer god måloppnåing:

  • klimaresultat tilsvarande 1,3 mill. tonn CO2-ekvivalentar i ikkje-kvotepliktig sektor

  • innovasjonsresultat tilsvarande utløyst innovasjonskapital på 10 mrd. kroner

2021 gav Enova tilsegn til prosjekt med klimaresultat på 0,62 mill. tonn CO2-ekvivalentar og innovasjonsresultat på 8,3 mrd. kroner i privat innovasjonskapital. Enova gav tilsegn om tilskot til om lag 6 300 små og store prosjekt og om lag 15 456 tiltak hos hushald og forbrukarar. Resultata er venta årleg resultat frå prosjekt som har fått tilsegn om støtte. Støtta blir utbetalt etter kvart som støttemottakaren kan dokumentere framdrift i prosjektet.

Tabell 7.6 Klima- og energifondets resultat og disponeringar i 2022, korrigerte for kanselleringar

Område

Disponerte midlar (mill. kroner)

Klimaresultat (kilotonn CO2-ekv.)

Innovasjonsresultat (mill. kroner)

Industri

1 817

181

6 224

Transport

2 877

423

1 913

Energisystemet

449

13

110

Tenesteyting og sluttbruk

492

0

78

Internasjonalt

1

Rådgjeving og kommunikasjon

82

Administrasjon

216

Sum disponerte midlar og resultat

5 734

617

8 325

Utvikling i målindikatorar over avtaleperioden 2017–2020

Som det kjem fram av tabell 7.7, nådde Enova nivået på alle målindikatorane over avtaleperioden 2017–2020.

Tabellen viser summen av tilsegner og dei rapporterte resultata på dei fire målindikatorane for perioden 2017–2020. Målindikatorane skal gje indikasjon på Enovas måloppnåing og utgjere eitt av fleire grunnlag for styringsdialogen mellom departementet og Enova. For avtaleperioden 1. januar 2017 til 31. desember 2020 er det lagt til grunn at følgjande nivå indikerer god måloppnåing:

  • klimaresultat tilsvarande 1 mill. tonn CO2-ekvivalentar i ikkje-kvotepliktig sektor

  • energiresultat tilsvarande 4 TWh

  • effektresultat tilsvarande 400 MW

  • innovasjonsresultat tilsvarande utløyst innovasjonskapital på 4 mrd. kroner

Tala er oppgjevne både for opphavleg resultat / tilsegner gjevne, tal korrigerte for kanselleringar og tal korrigerte for sluttrapporterte resultat.

Enova skal ta noko risiko, men dei skal ikkje overkompensere prosjekt. Da er det rimeleg å vente at ein viss del av dei prosjekta som får tilsegn om stønad, blir kansellert.

Resultata frå dei sluttrapporterte prosjekta avvik noko frå resultata som blir rapporterte under prosjekt korrigerte for kanselleringar. Avviket kjem av at når eit prosjekt er sluttrapportert, så har resultata i fleire tilfelle forandra seg noko frå det som vart lagt til grunn ved tilsegn om stønad. Også stønadsbehovet kan forandre seg frå tilsegna som vart gjeven opphavleg.

Tabell 7.7 Klima- og energifondets resultat og tilsegner i 2017–2020

Opphavleg resultat/tilsegner gjevne

Resultat korrigert for kanselleringar

Resultat korrigert for sluttrapporterte resultat

Energiresultat (GWh)

7 226

6 297

6 042

Effekt (MW)

630

611

624

Utløyst innovasjonskapital (i 1000 kr)

10 324

9 877

9 929

Utsleppsresultat (CO2)

1 121

931

897

Tilsegn

14 629

13 475

12 788

Post 50 Overføring til Klima- og energifondet

Løyvinga omfattar samla overføringar til Klima- og energifondet, inkludert inntekter frå påslag på nettariffen, jf. kap. 5578, post 73.

Det er foreslått ei løyving på 5 677 mill. kroner og ei fullmakt til å gje tilsegn på inntil 400 mill. kroner utover gjeven løyving, jf. forslag til vedtak VI. Inntektene frå påslaget på nettariffen utgjer 690 mill. kroner. Løyvinga inkluderer ein delvis priskompensasjon.

Tildelings- og oppfølgingskriterium

Enova har fullmakt til å forme ut verkemiddel i samsvar med rammene i styringsavtalen med departementet, oppdragsbrev, føresegner og statlege regelverk. Midlane frå Klima- og energifondet skal forvaltast på ein slik måte at måla blir nådde og pålagde oppgåver utførte mest mogleg kostnadseffektivt. Verkemidla som blir nytta, skal formast ut for å utløyse tiltak som elles ikkje ville ha blitt realiserte, og skal ta sikte på å oppnå varige marknadsendringar. Enovas verkemiddel skal ikkje intervenere i allereie velfungerande marknader.

Enovas tildeling av midlar frå Klima- og energifondet bør skje etter objektive og transparente kriterium. Kriteria for kvar av verkemidla eller ordningane skal publiserast.

Det viktigaste økonomiske verkeimddelet Enova har, er tilskot. Tilskot kan tildelast med krav om tilbakebetaling på nærmare definerte vilkår. Det er vidare lagt opp til at Enova kan gje lån på vilkår. Dette er særleg relevant for demonstrasjonsprosjekt. Ved å gje lån på vilkår unngår ein å overkompensere industrien. Det er lagt opp til at Enova kan gje tilsegn om inntil 60 pst. av godkjende kostnader i lån. Renter på lån skal ikkje vere lågare enn marknadsrentene, i tråd med ESAs retningslinjer. I dei tilfella der teknologien lykkast, skal lån frå Enova nedbetalast når den teknologiske risikoen i prosjektet er avklart.

Venteleg vil ikkje alle demonstrasjonsprosjekt oppnå ønskt resultat, og enkelte lån på vilkår må gjerast om til tilskot som følgje av at teknologiar ikkje lykkast. Det er difor foreslått at Enova får fullmakt til å gjere om lån på vilkår til tilskot etter førehandsdefinerte og føreseielege vilkår, jf. forslag til vedtak XII.

Søknader om lån skal behandlast etter dei same kriteria og rutinane som i dag gjeld for tilskot. Søknad om tilskot eller lån skal innehalde informasjon som fortel korleis tiltaket vil underbyggje relevante delmål og tilfredsstille dei krava som er stilte til resultatrapportering. Enovas utlysingar under kvart enkelt verkemiddel skal spesifisere ytterlegare kva opplysningar som er påkravde knytte til det enkelte programmet, ordninga eller verkemiddelet.

Styringsavtalen pålegg Enova å sikre at dei ikkje unødig forstyrrar dei marknadene dei rører ved med verkemidla sine, men heller rettar opp marknadssvikt og byggjer ned barrierar. Enova skal nytte tredjepartsvurderingar framfor å byggje opp særleg kredittvurderingskompetanse.

Tilsegn om tilskot, lån og andre forpliktingar må haldast innanfor disponibel ramme og fullmakter for Klima- og energifondet. Midlar frå tilbakebetalte eller refinansierte lån skal resirkulerast i fondet.

Kap. 5578 Sektoravgifter under Klima- og miljødepartementet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2022

Saldert budsjett 2023

Forslag 2024

72

Fiskaravgifter

16 264

18 686

17 907

73

Påslag på nettariffen til Klima- og energifondet

692 693

690 000

690 000

Sum kap. 5578

708 957

708 686

707 907

Post 72 Fiskaravgifter

Fiskaravgiftene som blir innbetalte til Statens fiskefond, er inntektsførte i statsbudsjettet på denne posten. I 2022 var innbetalingane til Statens fiskefond lågare enn budsjettert. For å unngå at fondskapitalen skulle bli lågare enn ønskt, vart posten for innbetalingene redusert med 2,8 mill. kroner i samband med revidert nasjonalbudsjett 2023, jf. Prop. 115 S og Innst. 450 S (2021–2022). Same reduksjonen var gjord på utgiftssida under kap. 1425, post 70.

I 2024 er det budsjettert med ei inntekt på 17,9 mill. kroner, ein reduksjon på 0,8 mill. kroner samanlikna med saldert budsjett 2023 (før nedsetjinga i revidert nasjonalbudsjett).

Nærmare om Statens fiskefond

Fiskaravgift til staten skal betalast for fiske i vassdrag med anadrom laksefisk. Det skal òg betalast avgift for fiske med fastståande reiskap i sjøen. Det er innført visse unntak, mellom anna for fiske i medhald av reindriftslovgjevinga, til undervisnings- eller behandlingsformål og til tidsavgrensa arrangement for rekruttering.

Bruken av midlane blir fastsett gjennom statsbudsjettet.

Inntekter og avgiftssatsar

Inntektene til Statens fiskefond kjem frå fiskaravgift på fiske etter anadrom laksefisk. Ordninga med Statens fiskefond synleggjer at tilretteleggingstiltak, og delar av fiskeforvaltninga retta inn mot anadrome fiskeartar, for ein stor del er baserte på brukarfinansiering.

Årsavgiftene for fiske etter anadrom laksefisk gjeld frå og med 1. januar til og med 31. desember og vart sist justerte i 2023. For 2024 gjer regjeringa framlegg om å endre avgiftene i tråd med prisauken det siste året. Årsavgifta for fiske etter anadrom laksefisk i vassdrag i 2024 er 329 kroner for enkeltpersonar, medan familieavgifta er 525 kroner. Familieavgifta gjeld for ektefellar/sambuarar med eventuelle barn mellom 18 og 20 år.

Personavgifta for fiske med fastståande reiskap i sjøen med sesongstart før 1. juli blir på 820 kroner, medan satsen for dei som har fiskestart etter 1. juli, blir 498 kroner.

Inntektene frå avgiftene gjer at det er budsjettert med ein kapitalstraum i Statens fiskefond som vist i tabellen nedanfor.

Tabell 7.8 Berekning av kapital til Statens fiskefond i 2024

Saldo pr. 31.12.22:

2 393

Budsjettert innbetalt i 20231:

16 874

Budsjettert refusjon i 2023 (utbetalingar frå fondet):

-15 886

Budsjettert saldo pr. 31.12.23:

3 381

Budsjettert innbetalt i 20242:

17 907

Budsjettert refusjon i 2024 (utbetalingar frå fondet):

-17 907

Budsjettert saldo pr. 31.12.24

3 381

1 Talet inkluderer stipulerte renteinntekter på 0,1 mill. kroner.

2 Talet inkluderer stipulerte renteinntekter på 0,1 mill. kroner.

Administrasjon og økonomiforvaltning

Statens fiskefond blir forvalta av Klima- og miljødepartementet ved Miljødirektoratet. Utgiftene over statsbudsjettet skal normalt svare til dei inntektene ein ventar at fondet vil ha same året. Eventuelle overskytande inntekter skal overførast og blir kapitaliserte i fondet.

Inntektene over kap. 5578, post 72, finansierer utgifter til fisketiltak og fiskeforvaltning over kap. 1425 (post 21 og 70) og kap. 1420 (post 01).

Tabell 7.9 Samla ressursbruk av inntekter til Statens fiskefond i 2024

Formål

Prosjekt, utgreiingar (kap. 1425.21)

300

Meirverdiavgift som er ført under Finansdepartementet

25

Tilskot til fiskeformål (kap. 1425.70):

16 386

Sum under kap. 1425:

16 711

Tilskotsforvaltning i Miljødirektoratet (kap. 1420.01)

1 196

Totalsum

17 907

Spesielt om lokale tiltak

I fordelinga av fondsmidlane, frårekna nødvendige driftsutgifter, er målet at minst 50 pst. av midlane går til tiltak som er initierte lokalt. Andre tiltak som er meinte å gje effekt for eit avgrensa område, eit bestemt vassdrag eller fjordområde, og der lokale aktørar deltek i stor grad, blir rekna som lokale tiltak sjølv om dei er initierte og administrerte av offentleg forvaltning, organisasjonar eller institusjonar på sentralt nivå.

Post 73 Påslag på nettariffen til Klima- og energifondet

Omsetningskonsesjonærar som tarifferer for uttak av elektrisk energi, skal i samband med fakturering leggje eit påslag på tariffen til alle sluttbrukarar på alle nettnivå.

For hushaldsbruk skal påslaget utgjere 1 øre/kWh. For andre sluttbrukarar enn hushald skal påslaget utgjere 800 kroner/år per målepunkt-ID.

Bidraget omsetningskonsesjonærar skal betale til Klima- og energifondet, er 1 øre/kWh multiplisert med den energimengda som er fakturert hushaldsbruk, og summen av påslag per målepunkt-ID som er fakturert andre sluttbrukarar enn hushald, i gjeldande termin. Enova står for innkrevjing og oppfølging av påslaget mot nettselskapa som blir innbetalt til Klima- og energifondet.

Programkategori 12.30 Kulturminne og kulturmiljø

Hovudinnhald og prioriteringar

Løyvingane under programkategori 12.30 høyrer i hovudsak inn under resultatområdet Kulturminne og kulturmiljø. Løyvingane omfattar verksemda til Riksantikvaren og Kulturminnefondet.

Budsjettforslaget på området byggjer opp under dei nasjonale måla for kulturmiljøpolitikken og prioriteringane i Meld. St. 16 (2019–2020) Nye mål i kulturmiljøpolitikken – Engasjement, bærekraft og mangfold. Dei tre nasjonale måla (sjå tabell 7.10) legg vekt på samfunnsbidraget frå kulturmiljø og korleis kulturmiljø kan bidra til å fremje ei berekraftig samfunnsutvikling. Det er utarbeidd indikatorar for dei nasjonale måla.

I oppfølginga av stortingsmeldinga har regjeringa mellom anna starta arbeidet med å forme ut bevaringsstrategiar for utvalde tema. Regjeringa har òg sett ned eit lovutval som skal levere forslag til ei ny kulturmiljølov innan 1. februar 2025. I tillegg er det etablert eit kulturarvforum, som skal styrkje samarbeidet mellom departementa om kulturarv og kulturarvpolitikk. Statlege styresmakter og fylkeskommunane følgjer opp endringane i oppgåvedelinga i kulturmiljøforvaltninga som følgjer av regionreforma.

Kulturmiljø kan bidra til både miljømessig, sosial og økonomisk berekraft. Å «styrkje innsatsen for å verne om og sikre kultur- og naturarven i verda» er eit eige delmål under FN sitt berekraftsmål 11 Berekraftige byar og lokalsamfunn. Vidareføring av den internasjonale innsatsen på kulturmiljøfeltet er viktig for å styrkje arbeidet for ei berekraftig utvikling nasjonalt og globalt. Noreg vil føre vidare dei norske prioriteringane frå perioden (2017–2021) da Noreg var medlem i Unescos verdsarvkomité.

Resultatområde

Tabell 7.10 Resultatområde under programkategori 12.30.

Resultatområde

Nasjonale mål

Kulturminne og kulturmiljø

  • Alle skal ha høve til å engasjere seg og ta ansvar for kulturmiljø.

  • Kulturmiljø skal medverke til berekraftig utvikling gjennom heilskapleg samfunnsplanlegging.

  • Eit mangfald av kulturmiljø skal takast vare på som grunnlag for kunnskap, oppleving og bruk.

Politikk for å nå dei nasjonale måla for kulturminne og kulturmiljø

Engasjement

Regjeringa vil at alle skal kunne engasjere seg og ta ansvar for kulturmiljø. Dette er òg i samsvar med Europarådets rammekonvensjon om kulturarvens verdi for samfunnet, Faro-konvensjonen.

Mange eigarar, frivillige og andre private aktørar gjer ein uvurderleg innsats for å ta vare på kulturminne og kulturmiljø. Regjeringa er oppteken av å lage gode rammer slik at alle skal kunne engasjere seg og ta ansvar for kulturmiljø. Tilskotsordningar og rådgjevingstenester er nokre av dei sentrale verkemidla som skal bidra til det.

Tilskotsordningane til Riksantikvaren opnar for at eigarar kan få dekt meirkostnader for istandsetjing av freda kulturminne og kulturmiljø. Kulturminnefondet si tilskotsordning er retta mot private eigarar av verneverdige kulturminne og kulturmiljø. Kulturminnefondet er eit effektivt verkemiddel både for å ta vare på eit mangfald av verneverdige kulturmiljø og for å gje private eigarar betre høve til å engasjere seg og ta ansvar.

Bygningsvernsenter, fartøyvernsenter og andre rådgjevingstenester innan kulturmiljø bidreg med kunnskap og kompetanse innan tradisjonshandverk og materialbruk. Rådgjevingstenestene medverkar til å halde ved lag nødvendig kunnskap og kompetanse for å ta vare på kulturminne og kulturmiljø.

Bygg og Bevar er eit samarbeidsprogram mellom Klima- og miljødepartementet og Byggenæringens Landsforening (BNL). Bygg og Bevar er eit bindeledd mellom bygningsvern og byggjebransjen som medverkar med informasjon og kunnskap om korleis gamle hus kan haldast ved like og setjast i stand. Samarbeidsavtalen med BNL om Bygg og Bevar gjeld førebels ut 2024.

Digitale tenester kan òg bidra til å auke engasjement og kompetanse om kulturmiljø ved å leggje til rette for medverknad og involvering i prosessar knytte til vern og bruk av kulturmiljø.

Berekraft

Gjennom samfunns- og arealplanlegging kan kulturmiljø nyttast som ein ressurs for å utvikle berekraftige og levbare byar og stader. Transformasjon og ny bruk av eksisterande bygningsmasse kan både bidra til å vareta kulturmiljøverdiar og vitalisere dei historiske byområda. Arkitektur, historiske bygningar og bymiljø kan medverke til stadidentitet og stadkjensle. Riksantikvaren har utarbeidd ein bystrategi med tilrådingar for forvaltning av kulturmiljø i by- og stadutvikling. Riksantikvaren har òg utarbeidd ein klimastrategi for kulturmiljøforvaltning, som syner korleis kulturmiljø kan bidra til klimagassreduksjon og til å handtere dei uønskte konsekvensane av klimaendringane.

Kulturmiljø kan vere ein ressurs i lokalt og regionalt utviklingsarbeid. Kulturmiljø er ein viktig attraksjon for produksjonen av opplevingsprodukt og andre næringar. Samstundes veit vi at kulturmiljø, kunnskapen dei representerer, og kulturhistoriske forteljingar har svært mykje å seie for enkeltmenneska og lokalsamfunna. Riksantikvaren samarbeider med Sametinget og fylkeskommunane om tiltak for å synleggjere kulturmiljø i dei lokale og regionale utviklingsprosessane.

Mangfald

I Noreg er det spor etter menneskeleg liv og virke over ein periode på meir enn 11 000 år. Kulturminne og kulturmiljø som blir tekne vare på, viser eit kulturelt, sosialt og geografisk mangfald frå ulike tidsperiodar og bidreg til å dokumentere og forstå den historiske utviklinga.

Riksantikvaren utarbeider ei samla oversikt over kulturhistoriske landskap av nasjonal interesse. Riksantikvaren, Landbruksdirektoratet og Miljødirektoratet samarbeider om ei felles satsing – Utvalde kulturlandskap i jordbruket (UKL). 51 landskap inngår i ordninga.

Prosjektet Statens kulturhistoriske eigedommar (SKE-prosjektet) vart starta opp i 2002 og er eit døme på korleis sektoransvaret medverkar til at departement og underliggjande etatar og verksemder tek ansvar for å nå miljømål innanfor eigne ansvarsområde. Ei evaluering av ordninga blir gjennomført i 2023.

Ny kulturmiljølov

Kulturminnelova vart vedteken 9. juni 1978 og er blant dei eldste forvaltningslovene i Noreg. Det er behov for ein grunnleggjande revisjon av reglane i kulturmiljølova basert på erfaringane med den noverande lova og samfunnsutviklinga.

Kulturmiljølovutvalet er eit offentleg lovutval utnemnt av Kongen i statsråd 22. juni 2022. Utvalet skal gjere ein full gjennomgang av den noverande kulturminnelova og regulering av kulturmiljø i andre lover og lage eit forslag til ei ny lov om kulturmiljø. Utvalet skal levere utgreiinga si innan 1. februar 2025.

Bevaringsstrategiar

Innføring av bevaringsstrategiar er eit av hovudgrepa for å strukturere, samordne og organisere innsatsen slik at dei tre nasjonale måla blir nådde, med særleg vekt på målet om å ta vare på eit mangfald av kulturmiljø. Kulturmiljøfeltet har eit komplekst utfordringsbilete med mange aktørar som på ulike måtar medverkar med verkemiddel, løysingar og innsats. Samarbeid mellom ulike sektorar, ulike forvaltningsnivå og mellom offentlege, frivillige og private aktørar blir viktig for å få til samordninga. Regjeringa vil i løpet av dei neste åra gradvis fase inn nye bevaringsstrategiar.

Bevaringsstrategiane skal ha felles rammeverk, og det skal utviklast ein målstruktur som synleggjer korleis strategiane bidreg til å nå dei nasjonale måla. Strategiane er samansette av tre nivå:

  • 1. Kulturhistorisk tema

  • 2. Deltema

  • 3. Aktivitetar

Nivå 1 – Kvar bevaringsstrategi skal ta utgangspunkt i eit kulturhistorisk tema. Temaet skal vere uavhengig av typen kulturmiljø og tidsperiode. Det skal femne om geografisk, sosial, etnisk og næringsmessig breidd. Temaa skal beskrivast og avgrensast. Det skal mellom anna gjerast greie for utfordringsbilete, verkemiddelbruken og innsatsområde, og dessutan skal det vere med ei oversikt over aktørbiletet og samarbeidspartnarane.

Nivå 2 – Det skal prioriterast deltema innanfor kvar bevaringsstrategi. Deltemaa skal fange opp både regionale og lokale utfordringar. Valet av deltema skal gjerast i samarbeid med relevante aktørar for best mogleg samordning av prioriteringar og tiltak. Deltemaa kan endrast og bytast ut dersom prioriteringane endrar seg, til dømes ved endra utfordringsbilete.

Nivå 3 – Aktivitetane skal inkludere konkrete tiltak og prosjekt. I utgangspunktet skal aktivitetane vare i ei avgrensa tid. Dei kan vere innretta både nasjonalt, regionalt og lokalt. Lokalt engasjement og verkemiddel frå ulike aktørar vil vere viktige.

Regjeringa vil i 2024 utarbeide bevaringsstrategiar for desse temaa:

  • Kystens kulturmiljø

  • Landbrukets kulturmiljø

I tillegg er det i gang eit arbeid med å utarbeide ein bevaringsstrategi for kulturhistorisk verdifulle kyrkjer. Arbeidet med denne strategien er det Barne- og familiedepartementet som leier.

Kunnskap og forsking

Kulturmiljødata og digital dokumentasjon av kulturmiljø er ei viktig kunnskapskjelde for forvaltninga, forskarar og andre tilliggjande sektorar. Riksantikvaren forvaltar og vidareutviklar fleire digitale system og tenester som samlar inn, deler og formidlar kulturmiljødata for heile kulturmiljøfeltet, både på lokalt, regionalt og nasjonalt nivå. Eit viktig igangverande arbeid er å betre kvaliteten i kulturmiljødata og leggje grunnlaget for enklare forvaltning og deling av data.

Miljøovervaking inneber ei systematisk innsamling av data med metodar som kan etterprøvast, basert på hypotesar om samanhengen mellom årsak og verknad. Data frå miljøovervakingsprogramma vil vere viktige for å følgje opp dei nasjonale måla. Ei evaluering av miljøovervakingsprogrammet til Riksantikvaren blir gjennomført i løpet av 2023.

Samarbeid mellom europeiske land om forskingsprogram gjennom Joint Programming Initiatives (JPI) har frå 2010 medverka til å samordne offentleg finansiert forsking i Europa innanfor ti område. Området kulturmiljø er eitt av desse. Noregs deltaking er med på å styrkje det norske forskingssystemet og mobilisere nye forskingsmiljø og brukargrupper på kulturmiljøfeltet.

Handverkskompetanse

Kunnskap om tradisjonshandverk og materialkunnskap er heilt avgjerande for å ta vare på og halde ved like freda og verneverdige bygningar, anlegg, fartøy og annan kulturarv. Det er stor mangel på tradisjonshandverkarar. Utdanninga i tradisjonelt bygghandverk ved Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet, dei nasjonale fartøyvernsentera og bransjesamarbeidet om programmet Bygg og bevar er døme på innsatsen til kulturmiljøfeltet for å bidra til auka handverkskompetanse.

Verdsarv (Unesco)

Verdsarvkonvensjonen har som mål å verne kultur- og naturarv av framifrå universell verdi. Statar som har ratifisert konvensjonen, forpliktar seg til å samarbeide internasjonalt, identifisere verdsarv i eige territorium og verne og formidle verdsarven. Klima- og miljødepartementet har hovudansvaret for å følgje opp konvensjonen.

Forvaltninga av dei norske verdsarvområdane

Noreg har som mål at dei åtte norske verdsarvområda skal utviklast til fyrtårn for beste praksis for natur- og kulturmiljøforvaltning når det gjeld tilstand, forvaltning og formelt vern. Riksantikvaren og Miljødirektoratet arbeider saman for å betre forvaltninga av verdsarvområda, mellom anna gjennom forvaltningsplanar, betre lokal organisering, kompetanse- og kapasitetsbygging og formidling.

Over fleire år har det vore lagt ned ein målretta innsats for å etablere verdsarvsenter ved alle dei norske verdsarvområda. Det står att per i dag å autorisere senter ved to av dei åtte områda.Hovudregelen har vore at etablering av verdsarvsenter skal skje ved samlokalisering med eksisterande relevante institusjonar. Erfaringa har vist at dette ikkje lèt seg gjere i alle verdsarvområda.

Frå 2024 blir det løyvd eit årleg tilskot på 5 mill. kroner til etablering av verdsarvsenter under Klima- og miljødepartementets tilskotsordning for støtte til nasjonale og internasjonale miljøtiltak. Det vil bli lagt vekt på at tilskotet, der forholda ligg til rette for det, må sjåast i samanheng med andre relevante statlege tilskotsordningar. I 2024 går tilskotet til etablering av verdsarvsenteret på Ornes knytt til Urnes stavkyrkje. Dette er ei oppfølging av behovet omtalt i Prop. 1 S (2022–2023) Klima- og miljødepartementet.

Forvaltninga av dei norske verdsarvområda inneber forpliktingar for alle sektorar. God forvaltning av verdsarvområda avheng òg av betre samordning mellom dei sektorane som påverkar utviklinga i områda. Det er etablert eit tverrdepartementalt verdsarvforum med dette som formål, der dei aktuelle departementa deltek. Klima- og miljødepartementet leier forumet.

Den internasjonale verdsarvpolitikken

Hovudprioriteringane for den internasjonale innsatsen i oppfølginga av verdsarvkonvensjonen er å sikre dei universelle verdiane til verdsarven og å styrkje institusjonar, ekspertar og lokalsamfunn slik at dei kan ta vare på verdsarven. Dette er ei oppfølging av prioriteringane for Noreg sin medlemsperiode i verdsarvkomiteen i 2017–2021. Noreg har mellom anna prioritert standardsetjande og normativt utviklings- og reformarbeid. Eit døme på dette er reforma for å betre prosessen med nominasjonar til verdsarvlista, som vart vedteken i Noregs medlemsperiode.

Kapasitetsbygging under verdsarvkonvensjonen er òg eit viktig innsatsområde, både nasjonalt og internasjonalt. Noreg medverkar i kapasitetsbyggingsprogrammet World Heritage Leadership frå 2023 til 2028.

Som ledd i oppfølginga av Noregs prioriteringar for arbeidet i verdsarvkomiteen vart det i 2019–2021 årleg løyvd 25 mill. kroner over budsjettet til Utanriksdepartementet for å styrkje verdsarvarbeidet i Afrika med særleg vekt på naturområde. Innsatsen er vidareført for fire nye år for perioden 2022–2025.

Europeisk og nordisk samarbeid

Dei siste åra har kulturarvfeltet fått stadig større merksemd i EU. For å betre samarbeidet, dialogen og erfaringsutvekslinga på dette området er det mellom anna etablert ei ekspertgruppe – Commission Expert Group on Cultural Heritage. Riksantikvaren representerer Noreg i denne ekspertgruppa.

Europarådet medverkar til å fremje mangfald og dialog gjennom tilgang til kulturarv og til å skape ei forståing av identitet, felles minne og forståing mellom folkegrupper. Noreg deltek i Europarådets mellomstatlege komité for kultur, kulturarv og landskap (CDCPP), der Kultur- og likestillingsdepartementet, Kommunal- og distriktsdepartementet og Klima- og miljødepartementet er representerte. Regjeringa vil leggje særleg vekt på arbeidet med å sjå kulturarv, menneskerettar, demokrati og berekraftsmåla i samanheng.

Strategien Norge i Europa framhevar EØS-midlane som det viktigaste finansielle verkemiddelet i europapolitikken. Gjennom kultur- og kulturarvprogramma under EØS-midlane har norsk kulturmiljøsektor høve til å tileigne seg ny kunnskap ved å diskutere felles utfordringar med europeiske kollegaer.

Nordisk ministerråd er det offisielle samarbeidsorganet til dei nordiske regjeringane. Dei nordiske statsministrane har i ein deklarasjon frå 20. august 2019 vedteke ein visjon om at Norden skal bli den mest berekraftige og integrerte regionen i verda fram mot år 2030. Samarbeidet i Norden skal byggje opp under denne visjonen. I ein deklarasjon frå 30. oktober 2019 oppmodar dei nordiske kulturministrane sektorane til å integrere kultur og kulturarv som ein viktig premiss for arbeidet med FNs berekraftsmål.

Oppfølging av regionreforma

Fylkeskommunane og Sametinget har førstelinjeansvaret for dei fleste kulturminne og kulturmiljø. Riksantikvaren følgjer opp og gjev faglege råd til regionalforvaltninga for å bidra til kompetansebygging, samarbeid og for å effektivisere forvaltninga. Det er sett i gang ei følgjeevaluering for å klargjere effektar og gevinstar av overføringa av auka mynde til fylkeskommunane og endringane i ansvars- og oppgåvefordelinga. Tredje delrapport kjem hausten 2023. Sluttrapport kjem i 2024. Sjølv om det for tidleg å gje ei vurdering av i kva grad ein er på veg til å nå det overordna målet for oppgåveoverføringa, syner andre delrapport at reforma er på rett veg.

Bevaringsprogramma

Bevaringsprogramma var knytte til dei tidlegare nasjonale måla (2020-måla), som no er avløyste av nye nasjonale mål. Hovudinnsatsen i bevaringsprogramma har sidan oppstarten i 2007 vore retta mot å forbetre vedlikehaldsnivået for utvalde kulturminnekategoriar.

Bevaringsprogramma skal gradvis utfasast. Dei blir evaluerte i 2023. Resultata og tilrådingar om eventuell vidareføring av nokre av dei som ordinære tilskotsordningar blir lagde fram for Stortinget på passande måte.

Kort om dei enkelte bevaringsprogramma – mål og status

  • 1. Freda bygningar i privat eige

Målet for bevaringsprogrammet har vore at alle freda bygningar i privat eige skal vere sette i stand til eit ordinært vedlikehaldsnivå. Bevaringsprogrammet omfattar rundt 3 400 bygningar. Det har sidan starten av bevaringsprogramma vore ei positiv utvikling. Om lag 34 pst. av bygningane har ordinært vedlikehaldsnivå (tilstandsgrad 1), medan 30 pst. har eit moderat behov for istandsetjing (tilstandsgrad 2). Om lag 14 pst. har behov for omfattande istandsetjingsarbeid (tilstandsgrad 3).

  • 2. Samiske kulturminne

Målet for bevaringsprogrammet har vore å kartleggje automatisk freda samiske bygningar for ei prioritering av bygningar som skal sikrast og setjast i stand. Om lag 900 automatisk freda samiske bygningar vart kartlagde fram mot 2017. Sametinget skal utarbeide ein forvaltningsplan for dei freda bygningane.

  • 3. Stavkyrkjene

Målet for bevaringsprogrammet har vore at dei 28 stavkyrkjene skal vere sette i stand til ordinært vedlikehaldsnivå. Målet for stavkyrkjeprogrammet vart nådd i 2015.

  • 4. Verdsarven

Målet for bevaringsprogrammet har vore at dei norske verdsarvområda skal utviklast som fyrtårn for den beste praksisen innan natur- og kulturmiljøforvaltning når det gjeld tilstand, forvaltning og formelt vern. Dei åtte verdsarvområda er av svært ulik karakter og ulikt omfang, og den tekniske tilstanden varierer. Mange bygningar er sette i stand, skjøtsel og formidling er forbetra, men mykje står att. Fleire av kulturminna innanfor kvart av verdsarvområda høyrer også inn under andre bevaringsprogram.

  • 5. Tekniske og industrielle kulturminne

Målet for bevaringsprogrammet har vore å sikre, setje i stand og halde ved like eit utval prioriterte anlegg. Bevaringsprogrammet omfatta ved oppstarten ti anlegg, i ettertid er fem lagde til. Dermed er det i dag 15 anlegg som er definerte som nasjonalt prioriterte anlegg. Ti av anlegga er rekna som sette i stand.

  • 6. Brannsikring av tette trehusmiljø og stavkyrkjer

Målet for bevaringsprogrammet har vore å halde brannsikringa av stavkyrkjene på eit høgt nivå og medverke til brannsikring av rundt 180 tette trehusmiljø med gammal verneverdig trehusbusetnad. Om lag 60 pst. av dei tette trehusområda har laga brannsikringsplanar som grunnlag for vidare arbeid med sikring mot områdebrann. Det er eit høgt tryggleiksnivå ved alle dei 28 stavkyrkjene.

  • 7. Fartøy

Målet for bevaringsprogrammet har vore å bevare og sikre eit representativt utval bevaringsverdige fartøy for framtida og løfte dei til eit ordinært vedlikehaldsnivå. Det er i dag om lag 250 historiske fartøy på Riksantikvarens verneliste. 16 av fartøya er freda, dei andre har status som verna skip. 19 pst. av fartøya har eit ordinært vedlikehaldsnivå. Av dei andre har 25 pst. eit moderat behov for tiltak, medan 56 pst. har stort behov for tiltak og utbetring.

  • 8. Ruinar

Målet for bevaringsprogrammet har vore at eit utval ruiner skal sikrast og gjerast tilgjengelege for publikum. Kompetanseutvikling, forsking og formidling er også viktige oppgåver innanfor programmet. Bevaringsprogrammet har omfatta 53 av totalt 124 ruinar etter kyrkjer, klosteranlegg og borg- og festningsanlegg frå mellomalderen. 27 av ruinane er ferdig konserverte.

  • 9. Bergkunst

Målet for bevaringsprogrammet har vore at eit prioritert utval bergkunstlokalitetar blir dokumentert og sikra, og at eit forsvarleg utval av desse blir tilgjengeleg for publikum. Målet om at minst 500 lokalitetar skal ha eit ordinært vedlikehaldsnivå, og at minst 100 av lokalitetane skal vere tilrettelagde for publikum, er oppnådd.

  • 10. Utvalde arkeologiske kulturminne

Målet for bevaringsprogrammet har vore at eit representativt utval arkeologiske kulturminne og kulturmiljø skal sikrast gjennom skjøtsel og gjerast tilgjengeleg for publikum. Målet om at minst 450 prioriterte arkeologiske kulturminne skal ha eit ordinært vedlikehaldsnivå, og at minst 300 av lokalitetane skal vere tilrettelagde for publikum, er oppnådd.

Nærmare om budsjettforslaget

Foreslått løyving knytt til programkategorien er i 2024 på om lag 838,9 mill. kroner på utgiftssida. Dette er ein auke på 42,1 mill. kroner, eller 5,3 pst. samanlikna med saldert budsjett for 2023.

Utgifter under programkategori 12.30 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2022

Saldert budsjett 2023

Forslag 2024

Endring i pst.

1429

Riksantikvaren

681 978

672 173

706 613

5,1

1432

Norsk kulturminnefond

121 276

124 638

132 298

6,1

Sum kategori 12.30

803 254

796 811

838 911

5,3

Kap. 1429 Riksantikvaren

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2022

Saldert budsjett 2023

Forslag 2024

01

Driftsutgifter

155 742

153 620

161 243

21

Spesielle driftsutgifter

32 107

31 977

31 777

22

Fleirårige prosjekt kulturminneforvaltning, kan overførast

30 929

30 361

32 185

60

Kulturminnekompetanse i kommunane

8 724

8 824

9 406

70

Tilskot til automatisk freda og andre arkeologiske kulturminne, kan overførast

39 028

39 026

41 522

71

Tilskot til freda kulturminne i privat eige, kulturmiljø og kulturlandskap, kan overførast

143 621

142 759

151 889

72

Tilskot til tekniske og industrielle kulturminne, kan overførast

58 732

58 554

62 298

73

Tilskot til bygningar og anlegg frå mellomalderen og brannsikring, kan overførast

59 082

59 072

57 850

74

Tilskot til fartøyvern, kan overførast

73 697

70 605

75 120

75

Tilskot til fartøyvernsenter, kan overførast

16 756

15 557

18 552

77

Tilskot til verdiskapingsarbeid på kulturminneområde, kan overførast

7 655

8 446

7 986

79

Tilskot til verdsarven, kan overførast

55 905

53 372

56 785

Sum kap. 1429

681 978

672 173

706 613

Rolle og oppgåver for Riksantikvaren

Riksantikvaren, direktoratet for kulturmiljøforvaltning, er rådgjevar for Klima- og miljødepartementet og skal setje i verk kulturmiljøpolitikken til regjeringa og gje faglege innspel i arbeidet til departementet med politikkutvikling. Riksantikvaren har vidare eit ansvar for utvikling av rettleiingsmateriell, digitale tenester med meir som sikrar ei einskapleg kulturmiljøforvaltning. Dei skal òg forvalte sentrale data om kulturmiljø i offentleg forvaltning.

Riksantikvaren er fredings-, motsegns- og klagestyresmakt og har ansvar for den nasjonale fordelinga av tilskotsmidlar mellom fylkeskommunane og Sametinget. Riksantikvaren har eit fagleg ansvar overfor kommunane, fylkeskommunane, Sametinget, Sysselmeisteren på Svalbard og forvaltningsmusea på kulturmiljøfeltet. Riksantikvaren har òg ansvar for å føre kontroll med at regionalforvaltninga og Sametingets dispensasjons- og tilskotforvaltning følgjer forskrifter om tildeling, reglement for og føresegner om økonomistyring i staten.

Riksantikvaren er også dispensasjonsstyresmakt for dei fire store mellomalderbyane og enkelte bygningar og anlegg. Riksantikvaren har inntil vidare forvaltninga av freda og listeførte kyrkjebygg.

Med heimel i kulturminnelova og til oppfølging av Stortingets budsjettvedtak vart det ved kgl. res. av 13. august 2021 fastsett forskrifter om tildeling av tilskot for postane 70–79. Vilkåra for stønad følgjer av forskriftene.

Post 01 Driftsutgifter

Hovuddelen av løyvinga dekkjer lønn og godtgjersler til tilsette, husleige og andre driftsutgifter for Riksantikvaren. Posten dekkjer i tillegg kjøp av konsulenttenester til faglege prosjekt og utgreiingar, under dette kostnader knytte til Riksantikvarens drift og oppfølging av elektronisk biletarkiv for miljøforvaltninga. Inntekter knytte til dette blir førte under kap. 4429, post 02 og 09.

Det blir foreslått at løyvinga på posten kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under kap. 4429, post 02 og 09, jf. forslag til vedtak II.

Det blir foreslått ei løyving på 161,2 mill. kroner på posten for 2024. Posten er lønns- og prisjustert.

Rapport 2022

Størsteparten av midlane er lønnskostnader, som utgjer om lag 76 pst. av dei samla driftsutgiftene. Driftskostnadene har vore reduserte over tid som følgje av effektivisering av drift, reduksjon i arealleige, bortfall av driftsoppgåver, reduserte innkjøp og anna.

Post 21 Spesielle driftsutgifter

Post 21 dekkjer prosjektmidlar til fagleg samarbeid med andre land i samsvar med norske prioriteringar, medlemsutgifter og utgifter knytte til samarbeidsavtalar og utgreiingsarbeid og utgifter knytte til forvaltning og vidareutvikling av digitale tenester som Askeladden og Kulturminnesøk. Arbeidet skal etablere grunnlag for god informasjonsforvaltning gjennom å utvikle ein felles terminologi for kulturmiljøforvaltninga og ein kvalitetsstandard for kulturmiljødata.

Midlar til det internasjonale kurset i konservering av tre (ICWCT – International Course on Wood Conservation Technology) blir òg dekte over denne posten. Midlane blir elles nytta til kjøp av vedlikehalds- og istandsetjingstenester for bygningar som Riksantikvaren sjølv har eit eigar-/forvaltningsansvar for.

Riksantikvaren kan lyse ut forskings- og utviklingsmidlar innanfor denne potten og bestiller utgreiingar mellom anna på klima- og energifeltet.

I 2024 er det omdisponert 2,8 mill. kroner frå posten til post 1410.70 Nasjonale oppgåver ved miljøforskingsinstitutta knytte til rådgjevingsteneste innan arkeologi. Samstundes blir det omdisponert 1,68 mill. kroner frå 1410.70 til post 21.

Det blir foreslått ei løyving på 31,8 mill. kroner på posten for 2024. Posten er prisjustert.

Posten er samstundes redusert med 1,0 mill. kroner på grunn av lågare forventa inntekter på post 4429.02. Samla er posten om lag på same nivået som saldert budsjett for 2023.

Rapport 2022

I 2022 vart 32,1 mill. kroner nytta på posten.

Aktivitet

(i 1 000 kr)

Lønn, reise og kompetansemidlar knytte til prosjekt

3 938

Husleige til Kongsvoll fjellstove

3 512

Kjøp av tenester1

24 657

Sum

32 107

1 Digitalisering, forskings- og utviklingsmidlar mv.

Post 22 Fleirårige prosjekt kulturmiljøforvaltning, kan overførast

Forslag til løyving går til fleirårige nasjonale bevaringsoppgåver der Riksantikvaren fungerer som prosjekteigar. Dette gjeld til dømes nasjonal oppfølging av verdsarven, drift, vedlikehald og brannsikring av stavkyrkjer og grunnvassmåling under Bryggen i Bergen.

Forslag til løyving på posten gjeld òg større digitaliseringsprosjekt som utviklar nasjonale digitale tenester for kulturmiljøforvaltninga, som er planlagde å gå over fleire år. Riksantikvaren har i gang to digitaliseringsprosjekt, Spor, ei teneste for søk i Riksantikvarens arkivmateriale, og Digisak, kulturmiljøforvaltninga si søk- og saksbehandlingsteneste for tilskot og dispensasjonar.

Riksantikvaren kjøper òg tenester knytte til verdsarvutstillinga «Vår verdsarv». Det er eit mål om at utstillinga skal installerast på alle verdsarvstadene. Ho vil i løpet av 2023 vere installert på tre stader – Vega, Alta og Geiranger – og neste staden som står for tur, er Rjukan/Notodden.

Riksantikvaren har sett i gang eit toårig prosjekt om ivaretaking av kompetanse innanfor tradisjonelt handverk og ivaretaking av arbeid med kunnskapsutvikling og rådgjeving om vedlikehald av dei eldste tømmerkonstruksjonane som blir påverka av klimaendringar i eit varmare og våtare klima.

Det blir foreslått ei løyving på 32,2 mill. kroner på posten for 2024. Posten er prisjustert.

Rapport 2022

Det har vore tilfredsstillande drift og vedlikehald av den tekniske og organisatoriske brannsikringa av stavkyrkjene i 2022. Det vart brukt 11,4 mill. kroner til sikringa over post 22 til kjøp av tenester til planlagd og uføresett service og vedlikehald og til rådgjevarar for prosjektering og til vakttelefonordning for tilsynshavarar med meir.

Post 60 Kulturminnekompetanse i kommunane

Tilskot frå post 60 skal bidra til å byggje kulturmiljøkompetanse i kommunane, slik at kommunane kan vareta kulturmiljø i samfunns- og arealplanlegginga si. På den måten vil kulturmiljø kunne brukast som ein ressurs i samfunnsutviklinga. Det blir gjeve tilskot til kommunale kulturmiljøplanar og til ulike kompetanse- og samarbeidsmodellar som styrkjer arbeidet lokalt. Det blir lagt til rette for samarbeid mellom fylkeskommunar, kommunar, museum, Sametinget og frivillige.

Basert på «Evaluering av Kulturminner i kommunene (KIK)» (Agenda Kaupang, rapport 2020) og «Evaluering av satsingen Kulturminner i kommunene (KIK) – Erfaringer fra kommunene» (Menon-publikasjon nr. 16/2020), og for å møte utfordringane og behova dei ulike kommunane har, blir det frå 2024 opna for å gje tilskot til kurs og tiltak som bidreg til å styrkje den lokale kulturmiljøkompetansen og samfunnsutviklarrolla til fylkeskommunane.

Det blir foreslått ei løyving på 9,4 mill. kroner på posten for 2024. Posten er prisjustert.

Rapport 2022

Evalueringar av satsinga Kulturminne i kommunane (KIK-satsinga) har mellom anna vist at tilskotsposten bidreg til auka kulturmiljøkompetanse hos kommunane, styrkt medverknad og politisk interesse om feltet og dessutan til betre samarbeid på tvers av forvaltningsområde.

Mange kommunar har fått støtte til å utarbeide kommunale kulturmiljøplanar. Per 31. desember 2022 har 63 pst. av alle kommunar vedtekne planer, 32 pst. har sett i gang arbeidet, og 5 pst. har ikkje starta på arbeidet. Kvar kommune har fått 100 000 kroner til arbeidet.

Post 70 Tilskot til automatisk freda og andre arkeologiske kulturminne, kan overførast

Det blir foreslått ei løyving på 41,5 mill. kroner på posten for 2024. Posten er prisjustert.

Mål

Målet med tilskotsordninga er å medverke til forvaltning, sikring, restaurering, skjøtsel, tilrettelegging, formidling og dokumentasjon av automatisk freda og andre arkeologiske kulturminne.

Tildelingskriterium

Forskrift om tilskudd til automatisk fredete og andre arkeologiske kulturminner regulerer kva det kan gjevast tilskot til frå posten. Tilskot kan gjevast til dekning av heile eller delar av utgiftene til arkeologisk arbeid i samsvar med forpliktingane til staten omtalte i kulturminnelova §§ 8, 9 og 10. Delar av midlane under posten er knytte til Bevaringsprogrammet for bergkunst (BERG) og Bevaringsprogrammet for utvalde, arkeologiske kulturminne og kulturmiljø (BARK). Posten dekkjer òg tilskot til arkeologiske museum, sjøfartsmuseum og Norsk institutt for kulturminneforsking (NIKU). Posten er òg nytta til finnarlønn.

Innanfor det samla løyvingsforslaget blir det lagt opp til at inntil om lag halvparten blir nytta til dei lovpålagde oppgåvene på området (refusjon av utgifter knytte til mindre private tiltak og særlege grunnar). Ved særskilde høve kan det bli aktuelt å avvike frå denne fordelinga av løyvinga.

Oppfølging og kontroll

Tilskotsmottakarane blir følgde opp for å sikre at midlane blir brukte som føresett, og innsende rapportar og rekneskapar blir kontrollerte. Dei tilskota som gjeld statleg kostnadsdekning ved tiltak som krev arkeologiske arbeid, blir gjevne til den institusjonen som utfører arbeidet, og denne rapporterer om bruken.

Rapport 2022

Det er gjennomført dokumentasjon, formidling, skjøtsel og sikring av bergkunstlokalitetar over heile landet i regi av Bevaringsprogrammet for bergkunst (BERG). Totalt vart det gjeve 6,4 mill. kroner i tilsegn om tilskot til nye tiltak innanfor BERG i 2022.

Tiltaka gjeld minst 136 bergkunstlokalitetar og er utførte av fylkeskommunane, Sametinget og dei arkeologiske forvaltningsmusea, ofte i samarbeid med lokale partnarar. Gjennom Interregprosjektet Samhell som vart fullført i september 2022, har det òg vore nasjonalt og regionalt samarbeid om metodeutvikling, forvaltning og formidling av bergkunst i Sverige og Noreg.

I løpet av 2022 vart det òg gjennomført skjøtsel og tiltak for å gjere kulturminne tilgjengelege for publikum over heile landet i regi av Bevaringsprogrammet for utvalde arkeologiske kulturminne og kulturmiljø (BARK). Totalt vart det gjeve 1,8 mill. kroner i tilsegn om tilskot til tiltak innanfor BARK i 2022.

I 2022 vart det sett i gang skjøtsel og tiltak for å gjere kulturminne tilgjengelege i 18 slike BARK-prosjekt. Det omfattar minst 52 arkeologiske lokalitetar. Arbeidet vart utført av fylkeskommunar og Sametinget i samarbeid med kommunane, lokale lag, foreiningar og frivillige.

Det er gjennomført mange arkeologiske undersøkingar i 2022 knytt til ordningane der staten dekkjer utgifter til arkeologiske undersøkingar i samband med mindre, private tiltak og dersom det ligg føre særlege grunnar. 16,8 mill. kroner vart gjevne i tilsegn om tilskot til arkeologiske undersøkingar i samband med drenering i landbruket.

Tabell 7.11 Tiltak til automatisk freda og andre arkeologiske kulturminne 2022.

Tiltak

Tal på saker

Tilskot (i 1 000 kr)

Mindre private tiltak: utbetalte tilskot til arkeologiske granskingar

55

14 772

Særlege grunnar: utbetalte tilskot til arkeologiske granskingar

14

5 034

Sikring av arkeologiske kulturminne og vitskapleg kjeldemateriale

19

2 390

Andre prioriterte styresmaktoppgåver ved dei arkeologiske forvaltningsmusea

829

Saksbehandling ved sjøfartsmusea

6 650

Finnarlønn

590

1 126

Bevaringsprogrammet for bergkunst (BERG)

6 956

Bevaringsprogrammet for utvalde arkeologiske kulturminne og kulturmiljø (BARK)

1 271

Sum

39 028

Post 71 Tilskot til freda kulturminne i privat eige og kulturmiljø og kulturlandskap, kan overførast

Det blir foreslått ei løyving på 151,9 mill. kroner på posten for 2024. Posten er prisjustert.

Mål

Målet med tilskotsordninga er å bevare freda kulturminne og kulturmiljø i privat eige. Ordninga skal bidra til at slike blir sette i stand etter antikvariske retningslinjer. Tilskot skal dekkje meirkostnader, heilt eller delvis, som følgjer av krav til antikvarisk utføring ved sikring, istandsetjing, vedlikehald og skjøtsel. Eit sentralt formål er å bidra til å lempe på den økonomiske byrda for privatpersonar som eig freda kulturminne. Tilskotsordninga skal også bidra til å sikre verdien kulturminne og kulturmiljø har som kjelde til kunnskap og oppleving, og at føresetnadene for å gje opplevingar blir varetekne, og leggje til rette for berekraftig verdiskaping og bruk.

Tildelingskriterium

Forskrift om tilskudd til fredete kulturminner i privat eie regulerer kva det kan gjevast tilskot til frå posten. Freda kulturminne som er eigde av privatpersonar, skal prioriterast ved fordelinga av tilskot.

Oppfølging og kontroll

Detaljert informasjon om rapporteringskrava blir gjevne i dei enkelte tilskotsvedtaka. Kontrollen av tilskotsmottakarar skjer gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av innsende rapportar og rekneskapar. Oppfølging på staden kan vere særleg aktuelt og viktig for å sikre at arbeidet blir utført i samsvar med antikvariske retningslinjer. Fylkeskommunane og Sametinget rapporterer til Riksantikvaren. Klima- og miljødepartementet vil i samarbeid med Riksantikvaren i 2024 vurdere tiltak for at prioriteringa av tilskot blir gjord i samsvar med formålet og tildelingskriteria.

Rapport 2022

Post 71 var på 142,8 mill. kroner i 2022. Fylkeskommunane og Sametinget fekk søknader frå om lag 580 eigarar av kulturminne, på til saman 435 mill. kroner. Av desse var om lag 30 søknader frå museum og 60 søknader frå eigarar av ikkje-freda kulturminne. Behovet for tilskot til istandsetjing er stort over heile landet. Samstundes er behovet ulikt hos dei ulike fylkeskommunane, både når det gjeld omfanget av freda kulturminne i privat eige og tilstanden på desse.

Riksantikvaren gjennomførte i 2022 kontroll av regionalforvaltninga og Sametingets forvaltning av utvalde tilskotsordningar. Fordelinga av tilskot frå post 71 tyder på at intensjonen om å lempe på byrda for privatpersonar som er eigarar, ikkje vart tilstrekkeleg prioritert. I 2022 gav seks tilskotsforvaltarar tilskot på til saman 5,9 mill. kroner til museum. Ni tilskotsforvaltarar gav til saman om lag 7 mill. kroner i tilskot til eigarar av ikkje-freda kulturminne.

Post 72 Tilskot til tekniske og industrielle kulturminne, kan overførast

Det blir foreslått ei løyving på 62,3 mill. kroner på posten for 2024. Posten er prisjustert.

Mål

Målet med tilskotsordninga er å setje i stand og halde ved like tekniske og industrielle kulturminne (TIK) for å bidra til kunnskap, opplevingar, bruk og verdiskaping.

Tildelingskriterium

Forskrift om tilskudd til tekniske og industrielle kulturminner regulerer kva det kan gjevast tilskot til frå posten. Tilskot kan gjevast til eigarar og forvaltarar av tekniske og industrielle kulturminne til sikring; istandsetjing; vedlikehald; kulturminne- og tilstandsregistrering; dokumentasjon; moglegheitsstudiar; lønn til stillingar som er direkte knytte til forvaltning, drift og vedlikehald.

Tilskot til forvaltning, drift og vedlikehald (FDV) av dei 15 anlegga som inngår i bevaringsprogrammet, skal prioriterast ved fordelinga av tilskot. Samstundes som behovet blir vurdert kritisk og opp imot dei andre prioriteringane i forskrifta.

Tilskot skal også stimulere til auka bruk av, interesse for og kunnskap om eit mangfald av tekniske og industrielle kulturminne.

Oppfølging og kontroll

Detaljert informasjon om rapporteringskrava blir gjevne i dei enkelte tilskotsbreva. Kontrollen av tilskotsmottakarar skjer gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av innsende rapportar og rekneskapar. Oppfølging på staden kan vere særleg aktuelt og viktig for å sikre at arbeidet blir utført i samsvar med antikvariske retningslinjer. Fylkeskommunane og Sametinget rapporterer til Riksantikvaren.

Rapport 2022

Post 72 var på 58,6 mill. kroner i 2022. Ti fylkeskommunar fekk søknader på til saman 158 mill. kroner. Dette inneber at søknadene til fylkeskommunane var nesten tre gonger større enn ramma til tilskotsposten.

Ei framleis prioritering av 15 anlegg som har vore del av bevaringsprogrammet, gav stort utslag i fordelinga mellom fylkeskommunane. Møre og Romsdal, Troms og Finnmark, Rogaland har ikkje anlegg på lista. I overkant av 80 pst. av løyvinga gjekk i 2022 til dei 15 prioriterte anlegga. Frå 2021 til 2022 var det ein auke frå 41 til 55 søknader frå anlegg utanfor dei prioriterte anlegga. Dei resterande 20 pst. av løyvingane gjekk til 42 anlegg utanfor lista. Riksantikvaren prioriterte at alle fylkeskommunar som hadde fått inn søknader frå tekniske og industrielle anlegg, skulle få tilskot.

Post 73 Tilskot til bygningar og anlegg frå mellomalderen og brannsikring, kan overførast

Tilskotsposten omfattar sju ulike ordningar. Riksantikvaren er ansvarleg for den interne fordelinga av tilskot mellom ordningane.

Det blir foreslått ei løyving på 57,9 mill. kroner på posten for 2024. Posten er prisjustert. Posten blir samstundes foreslått redusert med 5 mill. kroner mot ein tilsvarande auke i tilsegnsfullmakta. Samla er posten redusert med 1,2 mill. kroner, eller 2,1 pst. samanlikna med saldert budsjett for 2023.

Mål

Målet med tilskotsordninga er å sikre bevaring, istandsetjing og konservering av stavkyrkjer, kyrkjekunst og bygg, anlegg og ruinar frå mellomalderen som unike kjelder til bygningshistoria og kunsthistoria i Noreg og å bidra til brannsikring av bestemte tette trehusmiljø. Tilskotsordningane skal sikre kjeldematerialet og bidra til berekraftig bruk og formidling av historia desse kulturminna og kulturmiljøa fortel.

Tildelingskriterium

Forskrift om tilskudd til stavkirker, bygg og anlegg fra middelalderen, konservering og brannsikring regulerer kva det kan gjevast tilskot til frå posten. Tilskot kan gjevast til vedlikehald, konservering, dokumentasjon og sikring av stavkyrkjer; konservering av ruinar frå mellomalderen; istandsetjing av freda mellomalderhus frå før 1537; brannsikring av tette trehusområde av kulturhistorisk verdi og mellomalderkyrkjer i stein; konservering av kunst og interiør i kyrkjer.

Det blir lagt vekt på tiltak som utviklar og formidlar kunnskap, mellom anna om tradisjonshandverk og materialkvalitet, for å bidra til å sikre kompetanse og materialtilgang til istandsetjing og vedlikehald.

Ved tilskot til brannsikring av tette trehusområdet skal det prioriterast tilskot til utarbeiding av brannsikringsplanar for dei områda som manglar eller ikkje har oppdaterte planar. Det bør som hovudregel stillast krav om eigenandel ved tilskot til brannsikring. Også freda kulturmiljø kan få tilskot til brannsikring.

Oppfølging og kontroll

Detaljert informasjon om rapporteringskrava blir gjevne i dei enkelte tilskotsbreva. Kontrollen av tilskotsmottakarar skjer gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av innsende rapportar og rekneskapar. Oppfølging på staden kan vere særleg aktuelt og viktig for å sikre at arbeidet blir utført i samsvar med antikvariske retningslinjer. Fylkeskommunane og Sametinget rapporterer til Riksantikvaren.

Rapport 2022

Post 73 vart på 65 mill. kroner i 2022. Riksantikvaren fordelte tilskot til dei enkelte ordningane som følgjer:

Ordning

Tilskot 2022 (i 1 000 kr)

Mellomalderruinar (FK)

11 000

Mellomalderruinar (RA)

2 000

Brannsikring tette trehusområde (FK)

18 000

Profan mellomalder (FK)

97 000

Stavkyrkjer – brannsikring (RA)

15 000

Stavkyrkjer – istandsetjing (RA)

5 500

Kyrkjekunst (RA)

2 000

Sikring steinkyrkjer

1 000

Diverse

350

Ruinar

Det var avsett 13 mill. kroner til konservering av ruinar frå mellomalderen i 2022. Det vart fordelt 2 mill. kroner frå Riksantikvaren til fire mellomalderbyar og til to prosjekt på mellomaldermur og 11 mill. kroner frå fylkeskommunane.

Brannsikring av tette trehusområde

Tilskot frå posten kan gjevast til bygg og anlegg i tette trehusområde av kulturhistorisk verdi.

Talet på søknader og søknadssummane til fylkeskommunane gjekk kraftig opp frå 14,4 mill. kroner i 2021 til 23 mill. kroner i 2022. Tilskot til dei fylkeskommunane som hadde fått søknader om tilskot til brannsikringsplanar og tiltak som gjeld oppfølging eller iverksetjing av tiltak basert på brannsikringsplanar, vart prioritert.

Profane mellomalderbygningar

Profane mellomalderbygningar i tre er ein del av ein unik kulturarv i Noreg. Det vart fordelt 9,7 mill. kroner over ordninga i 2022.

Tilgang på relevant handverkskompetanse og dei rette materialane er avgjerande for å kunne ta vare på kulturmiljøverdiane som mellomalderbygningane representerer, men også ei utfordring. Ved fordelinga av tilskot vart det difor lagt vekt på at dei skulle bidra til å styrkje tilgang på nødvendig kompetanse og material til mellomalderbygningane.

Brannsikring stavkyrkjene

Riksantikvaren driv eit kontinuerleg arbeid med sikring av stavkyrkjene i samarbeid med eigarane og med teknisk rådgjevar for drift og vedlikehald av dei ulike tekniske sikringssystema. I sikringsarbeidet er det sentralt å jobbe for gode organisatoriske tiltak, først og fremst av eigarane, men også lokalt ved stavkyrkjene og av andre som har ansvar, irekna brannvesen, teknisk etat, politi med meir.

Oppgraderinga av områdeovervaking ved alle stavkyrkjene er fullført i 2022, og det er ein pilot i gang om betring av utvendig sløkkjekonsept.

Istandsetjing stavkyrkjene

Det blir gjeve tilskot til restaurering og istandsetjingstiltak og til tjørebreiing av stavkyrkjene. Istandsetjinga i stavkyrkjeprogrammet forbetra tilstanden på kyrkjene vesentleg, og det har berre vore behov for sporadiske enkeltreparasjonar sidan 2015. Det vart gjeve 1 mill. kroner i tilskot til tjørebreiing i 2022, som skal skje med tradisjonelt milebrend tyritjøre.

Konservering av kyrkjekunst

Tilskotsordninga skal vareta kunst, inventar og dekor i kyrkjebygg.

For 2022 var det sett av 2 mill. kroner.

Sikring av steinkyrkjer

Frå posten blir det tildelt tilskot til brannsikringstiltak ved mellomalderkyrkjer av stein. Status i 2022 er at 31 pst. av steinkyrkjene har sløkkjeanlegg.

Det vart gjeve tilskot til automatisk sløkkjeanlegg ved ei mellomalderkyrkje i 2022.

Post 74 Tilskot til fartøyvern, kan overførast

Det blir foreslått ei løyving på 75,1 mill. kroner på posten for 2024. Posten er prisjustert.

Mål

Målet med tilskotsordninga er å medverke til at verna og freda fartøy kan bli haldne ved like og sette i stand etter antikvariske retningslinjer og bli nytta som ressursar i ei berekraftig samfunnsutvikling. Tilskotsordninga skal medverke til å stimulere kompetansen til og innsatsen frå frivillige i verdiskaping lokalt og regionalt og til å halde ved lag kunnskapen om eldre handverk og teknikkar i tilknyting til tre- og stålfartøy og fagmiljø med slik kunnskap.

Tildelingskriterium

Forskrift om tilskudd til fartøyvern regulerer kva det kan gjevast tilskot til frå posten. Tilskot kan gjevast til sikring, vedlikehald, istandsetjing og restaurering av freda og verna fartøy. Eigarar og forvaltarar av freda eller verna fartøy kan få tilskot. Det same gjeld organisasjonar, foreiningar og prosjekt som opererer innanfor formålet med tilskotsordninga.

Oppfølging og kontroll

Detaljert informasjon om rapporteringskrava blir gjeven i dei enkelte tilskotsbreva. Kontrollen av tilskotsmottakarar skjer gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av innsende rapportar og rekneskapar. Oppfølging på staden kan vere særleg aktuelt og viktig for å sikre at arbeidet blir utført i samsvar med antikvariske retningslinjer. Fylkeskommunen og Sametinget rapporterer til Riksantikvaren.

Rapport 2022

Posten var på 72,6 mill. kroner i 2022. Dei 11 fylkeskommunane og Sametinget fekk 133 søknader på til saman 198,5 mill. kroner og gav tilskot til 90 av søknadene.

Om lag 58 mill. kroner vart fordelte til fylkeskommunane og Sametinget. 10,1 mill. kroner vart i tillegg tildelte fylkeskommunar og kommunar gjennom SAVOS-ordninga. SAVOS er ei samarbeidsordning der kommunar, fylkeskommunar og Sametinget, med bakgrunn i eigne midlar til verna og freda fartøy, kan søkje Riksantikvaren om tilsvarande beløp frå post 74 Tilskot til fartøyvern. På den måten kan dei fordele det dobbelte av det dei sjølve bidreg med.

2,4 mill. kroner vart gjevne som grunntilskot til Norsk Forening for Fartøyvern. 2 mill. kroner var øyremerkte «Anna Rogde».

Post 75 Tilskot til fartøyvernsenter, kan overførast

Det blir foreslått ei løyving på 18,6 mill. kroner på posten for 2024. Løyvinga er auka med 2 mill. kroner. Posten er prisjustert.

Formålet blir også vareteke av forslag til løyvingar på budsjettet til Kultur- og likestillingsdepartementet.

Mål

Målet med tilskotsordninga er å vareta og føre vidare kunnskap om handverk knytte til antikvarisk istandsetjing og vedlikehald av verna og freda fartøy. Målet er vidare å medverke til å skape solide fagmiljø gjennom å stimulere til samarbeid mellom dei nasjonale fartøyvernsentera og andre aktørar.

Tildelingskriterium

Forskrift om tilskudd til fagutvikling i fartøyvernet regulerer kva det kan gjevast tilskot til frå posten. Tilskot kan gjevast til dei nasjonale fartøyvernsentera og andre aktørar med relevant kompetanse. Tilskot kan gjevast til kjerneaktivitetar og fagutviklingsprosjekt. Tilskot til kjerneaktivitetar er meinte for dei nasjonale fartøyvernsentera. Tilskotsmidlane er ikkje støtte til drift.

Tilskot til fagutviklingsprosjekt skal bidra til auka kunnskap om fartøy, handverk og teknikkar nødvendige til vedlikehald og ivaretaking av verna og freda fartøy. Løyvingar skal bidra til å heve kvaliteten på vernearbeidet og ha som mål å auke den antikvariske kvaliteten på istandsetjings- og restaureringsarbeid. Tilskot skal prioriterast til fagutviklingsprosjekt som går for seg i samarbeid mellom dei nasjonale fartøyvernsentera og andre aktørar. Prosjekta kan både vere akademiske og praktisk retta og bør som ein hovudregel vere fleirårige.

Oppfølging og kontroll

Detaljert informasjon om rapporteringskrava blir gjevne i dei einskilde tilskotsbreva. Oppfølging på staden og i samarbeidsforum med mellom anna dei tre fartøyvernsentera er viktig. Kontrollen av tilskotsbruken skjer i samsvar med økonomireglementet, gjennom møte, generell formalia- og sannsynskontroll av innsende rapportar og rekneskapar. Dei tre nasjonale fartøyvernsentera skal sende inn revidert årsrekneskap og årsmelding.

Rapport 2022

Løyvinga på posten var på 15,6 mill. kroner i 2022. Dei tre nasjonale fartøyvernsentera søkte til saman 33,4 mill. kroner i tilskot. I tillegg søkte ni andre aktørar om til saman 2 mill. kroner.

Tilskotsmidlane vart fordelte til arbeid med fellestenester ved dei tre fartøyvernsentera Nordnorsk Fartøyvernsenter og Båtmuseum i Gratangen, Hardanger fartøyvernsenter i Norheimsund og Bredalsholmen Dokk og Fartøyvernsenter. I tillegg vart det gjeve tilskot til prosjekt i regi av fire andre aktørar med mål om å sikre og vareta kunnskap relevant for antikvarisk istandsetjing gjennom mellom anna handverksforsking på verktøy, kurs og fagseminar.

I 2022 førebudde Riksantikvaren ei endring av praksis ved fordelinga av tilskot frå post 75. Målet med endringane er å bidra til at tilskot til løpande og viktige fellestenester ved fartøyvernsentera blir meir føreseielege. Endringane skal òg bidra til at tilskot blir meir målretta mot behova i fartøyvernet, og til auka kvalitet på fagutviklinga for fagfeltet.

Post 77 Tilskot til verdiskapingsarbeid på kulturminneområdet, kan overførast

Det blir foreslått ei løyving på 8 mill. kroner på posten for 2024. Posten er prisjustert. Posten er samstundes redusert med 1 mill. kroner mot ein tilsvarande auke i tilsegnsfullmakta. Samla er posten redusert med 460 000 kroner, eller 5,4 pst. samanlikna med saldert budsjett for 2023.

Mål

Målet med tilskotsordninga er å medverke til at kulturmiljø blir tekne i bruk som ein ressurs, og medverke til at kulturmiljøfeltet får ein tydelegare plass i lokal og regional samfunnsutvikling.

Tildelingskriterium

Tilskot kan gjevast til prosjekt der offentlege og private aktørar inngår forpliktande samarbeid om formidling og tilrettelegging for berekraftig bevaring og bruk av kulturmiljø; kompetanseutvikling, nettverk og samarbeid; næring-, stads- og lokalsamfunnsutvikling.

Oppfølging og kontroll

Detaljert informasjon om rapporteringskrava blir gjevne i dei enkelte tilskotsbreva. Prosjekta blir mellom anna følgde opp systematisk i statusmøte. Kontrollen av tilskotsmottakarar skjer gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av rapportar og rekneskapar.

Rapport 2022

I 2022 er det gjeve tilskot til 20 større og mindre prosjekt som tek i bruk kulturmiljø som ressurs i samfunnsutviklinga. Totalt har det i 2022 vore aktivitet i 26 prosjekt med tilskot frå post 77. I ti av dei er fylkeskommunane prosjekteigarar, sju blir leidde av kommunar, eit av eit regionråd, medan museum og andre aktørar er ansvarlege for dei åtte siste prosjekta.

Nokre av prosjekta er større regionale, fleirårige fellessatsingar med koordinering av verkemiddel frå alle tre forvaltningsnivåa. Andre prosjekt legg vekt på tverrfaglege satsingar mellom fleire kommunar, nettverksbygging og kompetanseheving.

Riksantikvaren har lagt opp til møteplassar og nettverk for erfaringsutveksling, kompetanseheving og metodeutvikling mellom prosjekta. I 2022 er det særskilt arbeidd med besøksforvaltning og digital gjenskaping.

Post 79 Tilskot til verdsarven, kan overførast

Det blir foreslått ei løyving på 56,8 mill. kroner på posten for 2024. Posten er prisjustert.

Mål

Målet med tilskotsordninga er å medverke til å oppfylle forpliktingar Noreg har etter Unescos verdsarvkonvensjon. Ordninga skal medverke til at verdsarvområda blir utvikla som fyrtårn for den beste praksisen innan natur- og kulturmiljøforvaltning når det gjeld tilstand, forvaltning og formell beskyttelse.

Tildelingskriterium

Forskrift om tilskudd til verdensarv regulerer kva det kan gjevast tilskot til frå posten. Tilskot kan gjevast til fylkeskommunar, kommunar, museum, organisasjonar, bedrifter og privatpersonar. Tilskot kan gjevast til prosjekt og tiltak som er knytte til områda i Noreg som er innskrivne på Unescos verdsarvliste, med tilhøyrande buffersoner. I særlege tilfelle kan det gjevast tilskot til prosjekt og tiltak i område som er oppførte på Noregs tentative liste.

Oppfølging og kontroll

Rapporteringskrava blir gjevne i dei enkelte tilskotsbreva. Kontrollen av tilskotsbruken skjer gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av innsende rapportar og rekneskapar. Oppfølging på staden kan vere særleg aktuelt og viktig for å sikre at arbeidet blir utført i samsvar med retningslinjer og vilkår. Regionalforvaltninga rapporterer til Riksantikvaren.

Rapport 2022

I 2022 vart det frå post 79 samla brukt 55,9 mill. kroner på verdsarv. Kostnadene til basisutstillinga «Vår verdsarv» er i 2022 overførte til post 22 Fleirårige prosjekt kulturmiljøforvaltning (6 mill. kroner). I tillegg er det gjeve støtte til tiltak i verdsarvområda frå andre postar, både på Riksantikvarens og Miljødirektoratets område.

Tabell 7.12 Tilskot til verdsarvområda i 2022 frå post 79

Verdsarvområda

Tilskot (i 1 000 kr)

Bryggen i Bergen

17 500

Røros bergstad og Circumferensen

9 350

Bergkunsten i Alta

6 000

Vegaøyan

5 250

Vestnorsk fjordlandskap

5 000

Urnes stavkyrkje

2 032

Struves meridianboge

1 755

Rjukan–Notodden industriarv

8 500

Foreninga Norges Verdensarv

518

Sum

55 905

Kap. 4429 Riksantikvaren

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2022

Saldert budsjett 2023

Forslag 2024

02

Refusjonar og ymse inntekter

1 750

2 303

1 404

09

Internasjonale oppdrag

3 244

4 023

4 200

Sum kap. 4429

4 994

6 326

5 604

Post 02 Refusjonar og ymse inntekter

Posten gjeld refusjonar og innbetalte midlar frå oppdragsverksemd for andre institusjonar m.m., jf. omtale under kap. 1429, post 01. Under posten er det budsjettert inntekter ved sal av Riksantikvarens rapportar og andre produkt og driftsvederlag frå Kongsvoll fjellstove. Meirinntekter under posten gjev grunnlag for meirutgifter under kap. 1429, post 01, jf. forslag til vedtak II, nr. 1.

Post 09 Internasjonale oppdrag

Midlane på posten skal finansiere dei tilsvarande utgiftene til internasjonale oppdrag. Meirinntekter under posten gjev grunnlag for meirutgifter under kap. 1429, post 01, jf. forslag til vedtak II, nr. 1.

Kap. 1432 Norsk kulturminnefond

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2022

Saldert budsjett 2023

Forslag 2024

50

Til disposisjon for kulturminnetiltak

121 276

124 638

132 298

Sum kap. 1432

121 276

124 638

132 298

Post 50 Til disposisjon for kulturminnetiltak

Norsk kulturminnefond er eit forvaltningsorgan med særskilde fullmakter. Kulturminnefondet bidreg til å oppnå dei nasjonale måla på kulturmiljøfeltet ved å gje økonomisk støtte til private eigarar av verneverdige kulturminne og kulturmiljø. Frivillige lag og organisasjonar, anten dei eig kulturminna sjølve eller forvaltar dei på vegner av andre, kan òg søkje. Kulturminnefondet gjev økonomisk støtte til istandsetjing av verneverdige kulturminne som bygningar, bustader, båtar, hageanlegg og kulturlandskap.

Det blir foreslått ei løyving på 132,3 mill. kroner på posten for 2024.

Mål

Kulturminnefondet skal medverke til å styrkje arbeidet med å bevare verneverdige kulturminne og kulturmiljø og til at eit mangfald av kulturminne og kulturmiljø kan nyttast som grunnlag for oppleving, kunnskap, utvikling og verdiskaping.

Gjennom målretta og systematisk oppfølging legg Kulturminnefondet vekt på «vern gjennom aktiv bruk». Prosjekta medverkar til utvikling av lokalsamfunn og lokalt næringsliv. Satsing på kulturminne som ressurs medverkar til positiv utvikling av byar og stader.

Kulturminnefondet skal spisse eiga rolle som lågterskeltilbod til private eigarar av verneverdige kulturminne. Kulturminnefondet skal òg vidareutvikle organisasjonen og formidle moglegheitene for ombruk og gjenbruk for å støtte opp under dei nasjonale kulturmiljømåla.

Kriterium for måloppnåing

Kulturminnefondet skal vere eit lågterskeltilbod til private eigarar av verneverdige kulturminne og kulturmiljø. Tilskota blir i hovudsak tildelte istandsetjings- og sikringsprosjekt. Tilskot til prosjekt som fremjar verdiskaping, handverk, næringsverksemd og aktivitet i lokalsamfunnet, er prioriterte. Dette gjeld òg prosjekt som gjev synergieffektar, og som løyser ut private midlar eller mykje eigeninnsats.

Tildelingskriterium

Tilskot frå Kulturminnefondet blir gjeve på grunnlag av ei skjønnsmessig vurdering av den kulturmiljøfaglege verdien til objektet og verknaden tiltaket har på verdien. Moglegheitene for bruk etter gjennomføring av tiltaket bør vurderast særskilt.

Det kan som hovudregel ikkje gjevast tilskot til tiltak som er sluttførte på vedtakstidspunktet. Dersom det ligg føre særlege grunnar, kan det likevel gjevast tilskot.

Tilskot frå Kulturminnefondet føreset minimum 30 pst. privat medfinansiering i det enkelte prosjektet. Ein bør leggje vinn på at andelen frå Kulturminnefondet i gjennomsnitt ikkje overstig 50 pst.

I særskilde prioriteringar som departementet har fastsett innanfor formålet, kan styret fråvike kravet om privat medfinansiering. Andelen frå Kulturminnefondet i slike saker kan vere maksimum 70 pst. Det same gjeld i saker som gjeld kommunalt eigde kulturminne, som i det store og heile kjem allmenta til gode. I slike saker bør det setjast vilkår om at kommunen inngår langsiktig avtale med private om samarbeid om drift, og at det til dømes blir vedteke arealplan for bevaring av kulturminnet.

Oppfølging og kontroll

Oppfølging skjer overfor tilskotsmottakarane gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av rekneskapar og sluttrapportar frå tilskotsmottakarane. I nokre tilfelle er det aktuelt med kontroll på staden for å sikre at tiltaka er gjennomførte etter gjevne retningslinjer og andre føresetnader for tilskotet.

Rapport 2022

I 2022 tok Kulturminnefondet imot 1 661 søknader på til saman 514,2 mill. kroner. Av desse var 1 599 kvalifiserte søknader som vart behandla, og som resulterte i 700 tilsegner på til saman 117,5 mill. kroner. Søknadsmengda har variert dei siste tre åra, med ein topp i 2021. Kulturminnefondet årsrapport syner at koronaperioden ikkje påverka Kulturminnefondet sin evne til å utføre kjerneoppgåva si. Kulturminnefondet har i 2022 oppretthalde normal produksjon i tilskotsforvaltninga, sjølv om Covid-19-pandemien også prega starten på 2022. 194 søknader frå 2022 ferdigbehandlast i 2023.

Tabell 7.13 Hovudtal

(i 1 000 kroner)

2020

2021

2022

Talet på innkomne søknader per år

1 362

1 811

1 661

Søknadsbeløp per år

372 786

529 077

514 153

Behandla søknader

1 219

1 957

1 599

Samla søknadsbeløp

325 335

558 651

493 512

Tilsegner

687

867

700

Tilskotsbeløp

120 814

141 517

117 481

Programkategori 12.60 Nord- og polarområda

Hovudinnhald og prioriteringar

Løyvingane under programkategori 12.60 høyrer inn under resultatområda Naturmangfald, Forureining, Klima og Polarområda. Programkategorien omfattar verksemda til Norsk Polarinstitutt, Svalbards Miljøvernfond, Kings Bay AS, Bjørnøen AS og Fram – nordområdesenter for klima- og miljøforsking. Løyvingane går til forvaltninga av miljøet på Svalbard, miljøforvaltninga i Antarktis, miljøsamarbeid i Arktis, forsking og miljøovervaking og til drift av den polare forskingsinfrastrukturen vår i både nord og sør.

Regjeringa har som eit av dei overordna måla for svalbardpolitikken å ta vare på den særeigne villmarksnaturen på Svalbard. Dei spesifikke miljømåla for Svalbard går fram av Meld. St. 32 (2015–2016) Svalbard. Miljøregelverket og måla for miljøvernet på Svalbard set rammer for all verksemda. Det ligg i dette at innanfor dei rammene traktats- og suverenitetsomsyn set, skal miljøomsyn vege tyngst ved konflikt mellom miljøvern og andre interesser.

Klimaendringar har allereie merkbare konsekvensar for økosystema, som blir meir sårbare for ferdsel, for kulturmiljøa og for infrastrukturen og befolkninga på Svalbard. Hovudprioriteringane for miljøarbeidet på Svalbard i 2024 er å sjå til at ferdsel, hausting og annan aktivitet skjer innanfor rammer som sikrar at den samla miljøbelastninga ikkje blir for stor.

Forsking og høgare utdanning er eit av dei viktigaste satsingsområda for norsk aktivitet og nærvære på Svalbard. Norsk Polarinstitutt har den norske vertskapsrolla for forskingsstasjonen i Ny-Ålesund og har ansvaret for å implementere og følgje opp forskingsstrategien for Ny-Ålesund i dialog med Forskingsrådet og relevante departement og aktørar.

Kings Bay AS skal sørgje for ei mest mogleg effektiv drift, vedlikehald og utvikling av Kings Bay sin eigedom, bygningsmasse og infrastruktur. Endringar i permafrosten i Ny-Ålesund vil framover krevje omfattande tiltak for å halde ved like, sikre og setje i stand bygningar og annan infrastruktur som Kings Bay AS har ansvaret for.

Av Meld. St. 32 (2014–2015) Norske interesser og politikk i Antarktis går det fram at eit av dei overordna måla for norsk Antarktis-politikk er at Noreg skal vere ein pådrivar for å verne om miljøet og tryggje dette området som eit referanseområde for forsking. Gjennom arbeidet under Antarktistraktaten medverkar Noreg til eit globalt samarbeid for vern av det sårbare miljøet i Antarktis, både i havet og på land. Noreg deltek òg aktivt i arbeidet med nye marine verneområde i Antarktis og leier arbeidet med etableringa av eit marint verneområde i Kong Haakon VII Hav utanfor Dronning Maud Land. Det er ei prioritert oppgåve å styrkje kunnskapen om økosystema i Weddelhavet / Kong Haakon VII Hav.

Den norske heilårlege forskingsstasjonen Troll i Dronning Maud Land nærmar seg slutten av levetida si, og det er nødvendig med ei omfattande oppgradering. Regjeringa vedtok våren 2023 valet av konsept for det vidare arbeidet med å oppgradere forskingsstasjonen.

Russlands angrepskrig mot Ukraina har endra føresetnadene for samarbeid i nord. Samstundes må regionale utfordringar knytte til klima, miljø og biologisk mangfald framleis handterast. Noreg leier arbeidet i Arktisk råd i perioden 2023–2025. Målet til regjeringa for leiarskapen er at Arktisk råd skal halde fram med å vere det viktigaste multilaterale forumet for arktiske spørsmål. Gjennom fire prioriterte tema: hav, klima og miljø, berekraftig økonomisk utvikling og folk i nord, vil Noreg konsentrere seg om kjerneoppgåvene til rådet og føre vidare dei lange linjene i arbeidet til rådet. Dei fire temaa reflekterer langsiktige prioriteringar i norsk nordområdepolitikk.

Det bilaterale miljøsamarbeidet med Russland er sett på vent som følgje av Russlands krigføring i Ukraina. Aktivitetar som er viktige for Noreg og for anna internasjonalt miljøsamarbeid, til dømes miljøovervaking, vil halde fram på norsk side.

I 2024 vil Framsenteret vidareutvikle forskingsstrategien sin og følgje opp prioriterte forskingsområde og -prosjekt.

Resultatområde

Tabell 7.14 Resultatområde under programkategori 12.60

Resultatområde

Nasjonale mål

Polarområda

  • Omfanget av villmarksprega område på Svalbard skal haldast ved lag.

  • Naturmangfaldet på Svalbard skal bevarast tilnærma upåverka av lokal aktivitet.

  • Dei 100 viktigaste kulturminna og kulturmiljøa på Svalbard skal sikrast gjennom føreseieleg og langsiktig forvaltning.

  • Negativ menneskeleg påverknad og risiko for påverknad på miljøet i polarområda skal reduserast.

Politikk og verkemiddel for å nå dei nasjonale måla for polarområda

Svalbard

Miljøvernarbeidet på Svalbard skal leggje vekt på å beskytte villmarksområda på Svalbard i ein situasjon med raske endringar i klimaet og der natur og kulturminne er sårbare for belastninga frå ferdsel og anna verksemd. Å redusere påverknadsfaktorar som ferdsel, naturinngrep, forureining og hausting er den mest effektive og ofte den einaste moglege forma for klimatilpassing når det gjeld å ta vare på biologisk mangfald og kulturmiljø på Svalbard. Forvaltninga vil sjå til at ferdsel og anna verksemd skjer innanfor rammer som sikrar at den samla miljøbelastninga ikkje blir for stor og er i samsvar med miljømåla. Utvikling av miljøregelverket og utarbeiding av forvaltningsplanar er viktige oppgåver i dette arbeidet.

Permafrost har fungert som barriere mot spreiing av forureining i grunnen, mellom anna i deponi og som sikring av tankanlegg. Klimaendringar fører til at permafrosten tinar, og auka erosjon, som kan føre til meir utvasking og spreiing av forureining. Forvaltninga vil arbeide med å få oversikt over lokalitetar der det er fare for spreiing av forureining i grunnen.

Kulturmiljø på Svalbard er med på å skape opplevingar for lokalbefolkning og reiseliv. Mange av kulturmiljø er utsette for risiko frå klimaendringane. Det er eit nasjonalt mål at 100 av dei viktigaste kulturminna skal bevarast for framtida. Kulturminneplanen for Svalbard er under revisjon. Den nye planen er venta å vere klar innan utgangen av 2023.

Folk som bur på Svalbard, blir òg ramma direkte av klimaendringane som fører til auka fare for skred og flaum. Ei viktig oppgåve for miljøforvaltninga framover blir å sjå til at areal- og samfunnsplanlegginga tek omsyn til klimaendringane og til natur og kulturminne innanfor planområda rundt lokalsamfunna.

Antarktis

Noreg deltek aktivt i arbeidet under Antarktistraktaten. Områdebaserte tiltak, som marine verneområde, er viktige reiskapar for å ta vare på og sikre berekraftig bruk av marine økosystem og levande ressursar. Noreg deltek aktivt i arbeidet med nye marine verneområde i Antarktis. Noreg ved Norsk Polarinstitutt leier samarbeidet om eit forslag til eit marint verneområde i havet utanfor Dronning Maud Land. Eit forslag vil etter planen bli lagt fram på partsmøtet under konvensjonen om bevaring av marine levende ressursar i Antarktis hausten 2023.

Noreg bidreg i utforminga av tiltak for å avgrense menneskeleg påverknad, drøftingar av konsekvensane av global oppvarming, auka forsking og overvaking av miljøet og sjøkartlegging. Arbeidet omfattar òg kunnskap om og tiltak for å redusere dei negative effektane av auka turisme. Ei prioritert oppgåve for miljøforvaltninga er å gjennomføre vedtak gjorde i Antarktistraktatsystemet i nasjonalt miljøregelverk.

Den sjette hovudrapporten frå Klimapanelet til FN og synteserapporten som vart lagd fram i mars 2023, peiker på at vi treng meir kunnskap om Antarktis og kva endringane der vil ha å seie for det globale klimaet og havnivået i framtida. Det er mellom anna viktige kunnskapsutfordringar knytte til havsirkulasjon, havforsuring, marine og kryosfæriske økosystem og korleis naturmangfald og marine levande ressursar i Antarktis blir påverka av klimaendringar og havforsuring. Noreg ved Norsk Polarinstitutt bidreg med å skaffe fram forskingsbasert kunnskap og til at Noreg oppfyller forpliktingane sine som traktatpart. Det er ei prioritert forskingsoppgåve å få meir kunnskap om samspelet mellom isbremmane, innlandsisen og havet i Antarktis og kva dette inneber for framtidig havnivåstiging og andre globale klima- og miljøspørsmål.

Arktisk råd

Miljøsamarbeidet under Arktisk råd skaffar fram viktig kunnskap om det arktiske miljøet og korleis klimaendringane påverkar det arktiske miljøet. Dette er viktig som grunnlag for samarbeid om forvaltning av miljøet i Arktis og for internasjonale avtalar som gjeld forureining og klima.

Noreg leier arbeidet i Arktisk råd i perioden 2023–2025. Dette er den viktigaste utanrikspolitiske nordområdesatsinga i denne perioden. Russlands angrepskrig mot Ukraina har endra føresetnadene for samarbeid i Arktis. Samstundes er det viktig for Noreg og norske interesser at internasjonale samarbeidsforum i nord blir haldne i gang.

Noreg vil halde fram med å spele ei aktiv rolle i arbeidsgruppene i Arktisk råd, der samarbeid om klima og miljø står sentralt. Dei fire hovudprioriteringane for den norske leiarskapen for Arktisk råd er hav, klima og miljø, berekraftig økonomisk utvikling og folk i nord. Noreg vil leggje særskild vekt på konsekvensane klimaendringane har for Arktis, behovet for å tilpasse forvaltninga til klimaendringane og handteringa av miljøutfordringar knytte til meir menneskeleg aktivitet. Noreg vil føre vidare satsinga på eit vitskapleg kunnskapsgrunnlag for forvaltning av miljø og aktivitetar i Arktis og leggje til rette for at lokal og tradisjonell kunnskap blir løfta fram og inkludert.

Regjeringa vil føre vidare det langsiktige felles arbeidet mot marin forsøpling og plast i havet. Noreg har vore ein pådrivar for å få på plass ein regional handlingsplan mot marin forsøpling i Arktis. Regeringa vil forsterke det arktiske samarbeidet om marin forsøpling og følgje opp Arktisk råds handlingsplan frå 2021 gjennom konkrete samarbeidsprosjekt.

Tiltak for å redusere utslepp av svart karbon (sot) vil ha særskilt mykje å seie i Arktis (sjå omtale i programkategori 12.70). Arktisk råd har vedteke eit kollektivt reduksjonsmål for svart karbon. Medlemslanda skal rapportere resultat annakvart år. Noreg leier Arktisk råds arbeid med svart karbon i perioden 2023–2025. Vidare arbeid med reduksjon av metan vil også vere aktuelt. Her er utsleppa frå Russland viktige. Arbeidet vil måtte tilpassast situasjonen i Arktisk råd.

Miljøsamarbeid i nordområda

Det bilaterale miljøsamarbeidet med Russland er sett på vent som følgje av Russlands angrepskrig mot Ukraina. Noreg vil saman med dei andre arktiske landa halde fram med miljøovervaking og innhenting av kunnskap om klima og miljøet i nordområda. Sentrale arbeidsområde er miljøovervaking og tiltak for betre miljøtilstand i Pasvikvassdraget og Grense Jakobselv. Noreg vil halde fram med samarbeidet med Finland om forvaltning av verneområda ved grensa. Miljøsamarbeidet i Barentsregionen vil halde fram med prosjekt innan klima, marin forsøpling, naturmangfald og forvaltning av grensevassdrag i samarbeid med Sverige og Finland.

Forsking og miljøovervaking i nord- og polarområda

Dei raske endringane i Arktis og Antarktis gjev nye kunnskapsutfordringar knytte til miljø og klima. Noreg bidreg til auka kunnskap om korleis miljøet og kulturmiljøet i polarområda blir påverka av klimaendringar, havforsuring, forureining og auka aktivitet gjennom nasjonale satsingar og internasjonalt samarbeid. Sentrale verkemiddel i dette arbeidet er Norsk Polarinstitutt, Fram – Nordområdesenter for klima- og miljøforsking og infrastrukturen vår for polarforsking, inkludert det isgåande forskingsfartøyet FF «Kronprins Haakon» og forskingsstasjonane Ny-Ålesund på Svalbard og Troll i Antarktis.

Svalbard er ei særs viktig plattform for internasjonalt samarbeid om naturvitskapleg forsking i Arktis. Ny-Ålesund forskingsstasjon skal nyttast best mogleg som ei norsk plattform for internasjonalt naturvitskapleg forskingssamarbeid i verdsklasse, som bidreg til å støtte under dei overordna måla i norsk svalbardpolitikk. Kings Bay AS skal sørgje for drift, vedlikehald og utvikling av infrastrukturen i Ny-Ålesund i tråd med dette. Norsk Polarinstitutt har ansvaret for å implementere og følgje opp forskingsstrategien for Ny-Ålesund i dialog med Forskingsrådet og relevante departement og aktørar. Framsenteret har vore ei svært vellykka satsing på forskingssamarbeid i nord, med høg produksjon av tverrfagleg forvaltningsrelevant forsking på klima og miljø i nordområda. Den faglege satsinga i Framsenteret blir ført vidare.

Den norske heilårlege forskingsstasjonen Troll i Dronning Maud Land er den sentrale plattforma for norsk forsking i Antarktis. Stasjonen nærmar seg slutten av levetida si. For at stasjonen skal kunne nyttast for heilårleg norsk nærvære i Antarktis også i åra framover, er det nødvendig med ei omfattande oppgradering. Statsbygg har på oppdrag frå Klima- og miljødepartementet utarbeidd ei konseptvalutgreiing for ei oppgradering av stasjonen. Regjeringa vedtok våren 2023 valet av konsept for det vidare arbeidet med å oppgradere forskingsstasjonen. Avklaringsfasen for byggjeprosjektet er i gang. Regjeringa foreslår å setje av 25 mill. kroner til forprosjekt i 2024.

Nærmare om budsjettforslaget

Foreslått løyving knytt til programkategorien for 2024 er på 538,04 mill. kroner. Dette er ein auke på om lag 47,5 mill. kroner, eller 9,7 pst. samanlikna med saldert budsjett for 2023. Auken kjem i hovudsak av 10 mill. kroner ekstra til drifts- og investeringstilskot til Kings Bay AS, ein venta auke av inntektene til Svalbards miljøvernfond og prisjustering.

Utgifter under programkategori 12.60 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2022

Saldert budsjett 2023

Forslag 2024

Endring i pst.

1471

Norsk Polarinstitutt

404 720

358 178

401 133

12,0

1472

Svalbards miljøvernfond

15 762

13 000

15 000

15,4

1473

Kings Bay AS

43 946

64 995

79 152

21,8

1474

Fram – Nordområdesenter for klima- og miljøforsking

54 467

54 274

57 755

6,4

Sum kategori 12.60

518 895

490 447

553 040

12,8

Kap. 1471 Norsk Polarinstitutt

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2022

Saldert budsjett 2023

Forslag 2024

01

Driftsutgifter

258 722

243 751

254 830

21

Spesielle driftsutgifter, kan overførast

145 452

113 866

145 706

50

Stipend

546

561

597

Sum kap. 1471

404 720

358 178

401 133

Rolle og oppgåver for Norsk Polarinstitutt:

Norsk Polarinstitutt er den sentrale statsinstitusjonen for kartlegging, miljøovervaking og forvaltningsretta forsking i Arktis og Antarktis. Norsk Polarinstitutt leverer vitskapleg kunnskap og råd til norske styresmakter om Arktis og Antarktis. Instituttet er fagleg og strategisk rådgjevar for den sentrale forvaltninga og fagleg rådgjevar for Miljødirektoratet og Sysselmeisteren i polarspørsmål. Instituttet skal medverke til relevante internasjonale prosessar knytte til klima og miljø i nord- og polarområda og delta i internasjonale forum som jobbar for å styrkje kunnskapsgrunnlaget for miljøforvaltninga.

Norsk Polarinstitutt varetek infrastruktur og strukturar for forskingssamarbeid i nord- og polarområda og tilbyr logistikk- og støttetenester knytte til forskingsaktivitet i Arktis og Antarktis. Dette omfattar mellom anna å drifte forskingsstasjonen Troll i Dronning Maud Land, forvalte eigarskapen av det isgåande forskingsfartøyet FF «Kronprins Haakon» for staten og vareta vertskapsrolla i Ny-Ålesund.

Norsk Polarinstitutt skal utøve myndet for å følgje opp og gjennomføre norsk miljølovgjeving i Antarktis.

Post 01 Driftsutgifter

Det blir foreslått ei løyving på 254,8 mill. kroner på posten for 2024. Løyvinga er lønns- og prisjustert.

Posten dekkjer utgifter som Norsk Polarinstitutt har til lønn og godtgjersler for fast og mellombels tilsette. Vidare dekkjer posten ordinære driftsutgifter, drift av forskingsstasjon og luftmålestasjon i Ny-Ålesund og fartøy og utgifter knytte til den samla forskings- og ekspedisjonsverksemda til instituttet.

Posten dekkjer elles utgifter knytte til sals- og oppdragsverksemd. Dei tilhøyrande inntektene er førte under kap. 4471, postane 01 og 03. Løyvinga kan overskridast dersom det er tilsvarande meirinntekt under dei to nemnde postane, jf. forslag til vedtak II.

Rapport 2022

Polarinstituttet brukte i 2022 om lag 42 pst. av løyvinga til lønns- og driftsutgifter knytte til administrasjon, kommunikasjon, drifta til bygningar på Svalbard og i Tromsø, drift av forskingsfartøyet «Kronprins Haakon» og andre felleskostnader. Resterande 58 pst. er lønn og andre utgifter knytte til forskingsavdelinga, programområde Polhavet, programområde Ny-Ålesund, programområde Antarktis, programområde Svalbard og miljø- og kartavdelinga.

Av forbruket på denne posten korresponderer om lag 79 mill. kroner med inntekter på kap. 4471. Dette er i all hovudsak knytt til ekstern finansiering av forskingsaktivitet frå mellom anna Forskingsrådet og EU.

Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast

Det blir foreslått ei løyving på 145,7 mill. kroner på posten for 2024. Løyvinga er prisjustert.

Posten dekkjer utgifter til deltaking i vitskapleg samarbeid i Antarktis og dei norske Antarktis-ekspedisjonane. Løyvinga blir òg nytta til forskingsaktivitet, drift av forskingsstasjonen Troll og det internasjonale Dronning Maud Land Air Network (DROMLAN).

Posten dekkjer utgifter knytte til drift av satellittstasjonen TrollSat. Dei tilsvarande inntektene er førte under kap. 4471, post 21. Løyvinga kan overskridast mot tilsvarande meirinntekt førte under kap. 4471, post 21, jf. forslag til vedtak II.

Rapport 2022

Av midlane på denne posten vart om lag 93 pst. brukte til lønn for dei som arbeider på Troll-stasjonen, drift av bygningar i Antarktis, fartøyleige, helikopterleige og andre logistikkutgifter. Resterande del av løyvinga gjekk til forsking. Av forbruket på denne posten korresponderer om lag 32. mill. kroner med inntekter på kap. 4471.

Post 50 Stipend

Det blir foreslått ei løyving på 597 000 kroner på posten for 2024.

Stipendmidlane skal auke rekrutteringa til og kompetansen innanfor den norske polarforskinga ved å dekkje ekstrautgifter ved opphald i felt. Støtte blir primært gjeven til norske hovudfags- og doktorgradstudentar. Ved tildeling blir det lagt vekt på relevante polare problemstillingar, fagleg kvalitet og i kor stor grad temaet ligg til rette for forsking.

Rapport 2022

Noregs forskingsråd saksbehandlar og administrerer stipendordninga på vegner av Norsk Polarinstitutt. Av 109 søknader vart 55 finansierte med totalt 4,02 mill. kroner. Av dette var 0,5 mill. kroner midlar frå Norsk Polarinstitutt.

Kap. 4471 Norsk Polarinstitutt

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2022

Saldert budsjett 2023

Forslag 2024

01

Sals- og utleigeinntekter

6 027

7 018

7 327

03

Inntekter frå ymse tenesteyting

79 028

68 808

71 835

21

Inntekter, Antarktis

32 124

15 372

16 048

Sum kap. 4471

117 179

91 198

95 210

Post 01 Sals- og utleigeinntekter

Salsinntektene gjeld sal av kart, flybilete og publikasjonar, medan utleigeinntektene gjeld utleige av feltutstyr, transportmiddel, mellom anna utleige av forskingsfartøy, og andre inntekter. Kap. 1471, post 01, kan overskridast tilsvarande eventuelle meirinntekter under denne posten, jf. forslag til vedtak II.

Post 03 Inntekter frå diverse tenesteyting

Oppdragsinntektene gjeld inntekter frå eksterne oppdrag for andre offentlege instansar og frå det private næringslivet. Meirinntekter under denne posten gjev grunnlag for tilsvarande meirutgifter under kap. 1471, post 01, jf. forslag til vedtak II.

Post 21 Inntekter, Antarktis

Posten gjeld refusjon av utgifter Norsk Polarinstitutt har for andre land og verksemder knytte til Antarktis-samarbeidet. I hovudsak gjeld dette refusjon av driftsutgiftene ved TrollSat i medhald av avtale med Kongsberg Satellite Services og inntekter frå flygingar knytte til DROMLAN-samarbeidet. Meirinntekter under denne posten gjev grunnlag for tilsvarande meirutgifter under kap. 1471, post 21, jf. forslag til vedtak II.

Kap. 1472 Svalbards miljøvernfond

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2022

Saldert budsjett 2023

Forslag 2024

50

Overføringar til Svalbards miljøvernfond

15 762

13 000

15 000

Sum kap. 1472

15 762

13 000

15 000

Svalbards miljøvernfond gjev tilskot til tiltak for å verne om naturmiljø og kulturminne på Svalbard, i samsvar med svalbardmiljølova og forskrift om tilskudd fra Svalbards miljøvernfond. Fondet får i hovudsak inntekter frå ei miljøavgift på 150 kroner for reisande til Svalbard, jf. forskrift om miljøavgift for tilreisende til Svalbard. Sysselmeisteren er sekretariat for fondet. Vedtak om tildelingar er det eit styre som er oppnemnt av Klima- og miljødepartementet, som gjer. Både fondskapitalen og avkastninga blir nytta til skjøtsel, vedlikehald og gransking av kulturminne, informasjons- og opplæringstiltak og prosjekt med formål om å undersøkje eller gjenreise miljøtilstanden. Fondet skal ikkje brukast til å dekkje forvaltninga sine ordinære administrative utgifter, oppgåver eller drift.

Inntektene frå miljøavgifta på kap. 5578, post 70 Sektoravgifter under Svalbards miljøvernfond, blir motsvart av utgifter på kap. 1472, post 50. Etter ein nedgang under pandemien auka reiseaktiviteten og inntektene til fondet igjen i 2023. I revidert nasjonalbudsjett for 2023 vart posten auka med 2 mill. kroner, til 15 mill. kroner. Det blir foreslått ei vidareføring av løyvinga på posten på 15 mill. kroner i 2024.

Post 50 Overføringar til fondet

Posten skal berre nyttast til overføring av inntektene frå kap. 5578, post 70 Sektoravgifter under Svalbards miljøvernfond.

Rapport for 2022

I 2022 vart det tildelt 12,1 mill. kroner til 41 nye prosjekt frå Svalbards miljøvernfond. Reiseverksemda har teke seg opp att etter pandemien, og inntektene i 2022 vart større enn budsjetterte. Utbetalingar til tildelte tilskot frå tidlegare år er blitt utbetalte som normalt. Informasjon om alle prosjekta til fondet finst på nettsida til fondet.

Kap. 5578 Sektoravgifter under Klima- og miljødepartementet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2022

Saldert budsjett 2023

Forslag 2024

70

Sektoravgifter under Svalbards miljøvernfond

15 763

13 012

15 012

Sum kap. 5578

15 763

13 012

15 012

Post 70 Sektoravgifter under Svalbards miljøvernfond

Denne posten blir nytta til avgifter som i samsvar med svalbardmiljølova skal førast over til Svalbards miljøvernfond. Miljøavgift for reisande til Svalbard er hovudinntektskjelda til fondet. Fondet har òg inntekter frå sal av jakt- og fiskekort med meir. Løyvinga på posten vart auka med om lag 2 mill. kroner i revidert nasjonalbudsjett for 2023. Det blir foreslått ei vidareføring av løyvinga på posten på 15 mill. kroner i 2024, sjå også kap. 4472, post 50.

Meirinntekter under kap. 5578, post 70, gjev grunnlag for tilsvarande meirutgifter som er budsjetterte under kap. 1472 Svalbards miljøvernfond, jf. forslag til vedtak II.

Kap. 1473 Kings Bay AS

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2022

Saldert budsjett 2023

Forslag 2024

70

Tilskot

43 946

64 995

79 152

Sum kap. 1473

43 946

64 995

79 152

Kings Bay AS er 100 pst. eigd av staten. Klima- og miljødepartementet utøver eigarinteressene til staten. Eigarskapen medverkar til å støtte dei overordna måla i norsk svalbardpolitikk og føringane for Ny-Ålesund. Målet med den statlege eigarskapen i Kings Bay AS er å syte for mest mogleg effektiv drift, vedlikehald og utvikling av eigedommen, bygningsmassen og infrastrukturen for å leggje til rette for Ny-Ålesund forskingsstasjon som ei norsk plattform for internasjonalt, naturvitskapleg forskingssamarbeid i verdsklasse.

Kings Bay AS eig grunnen og dei fleste bygningane i Ny-Ålesund og har ansvaret for drift og utvikling av infrastruktur på staden. Selskapet leiger ut fasilitetar til forskarar og tilbyr kost og losji og ei rekkje andre tenester under opphaldet. Utvikling og forvaltning av bygningsmasse, infrastruktur og tenestetilbod i Ny-Ålesund skal byggje opp under føringane i Meld. St. 32 (2015–2016) Svalbard og Forskingsrådets strategi for Ny-Ålesund forskingsstasjon frå mai 2019. Rundt 20 institusjonar har kvart år forskingsprosjekt i Ny-Ålesund.

Samstundes er selskapet avhengig av tilskot over statsbudsjettet for å utføre dei samfunnsoppgåvene som det er pålagt. Tilskotet skal dekkje investeringar, eventuelt driftsunderskot, i Kings Bay AS og nødvendige utgifter til administrasjon av Bjørnøen AS.

Post 70 Tilskot

Løyvinga under posten er retta mot resultatområdet Polarområda. Tilskotet skal gå til investeringar og drift av Kings Bay AS og nødvendige utgifter til administrasjon av Bjørnøen AS. Det blir foreslått ei løyving på posten på 79,2 mill. kroner for 2024.

I 2024 vil vedlikehald og reparasjonar av bygningsmasse og infrastruktur i Ny-Ålesund vere ei viktig oppgåve for selskapet. Klimaendringar er ein sentral drivar i at infrastrukturen på Svalbard blir ringare. Dette gjeld særskilt forskingsbygningane i Ny-Ålesund. Riksrevisjonen gjennomførte i 2021 ei undersøking av korleis svalbardselskapa handterte klimaendringane. Rapporten peiker på at nødvendig refundamentering av bygningar ofte blir sett i gang så seint at det allereie har oppstått følgjeskadar på bygningane, i nokre tilfelle uopprettelege skadar.

For at selskapet skal kunne gjennomføre nødvendige investeringar og vedlikehald av bygningar og infrastruktur, trengst det ein varig auke av tilskotet til selskapet med 20 mill. kroner til saman frå 2022-nivå. Tilskotet vart difor auka med 10 mill. kroner i 2023. For å vareta dette behovet blir det foreslått å heve tilskotet ytterlegare med 10 mill. kroner i 2024, til saman ein auke på 20 mill. kroner.

Rapport 2022

Inntektene til selskapet frå besøkjande forskarar tok seg raskare opp enn venta etter nedgangen under covid-19-pandemien. Totale forskardøgn i 2022 vart 13 906, som utgjer 92 pst. av talet på forskardøgn i 2019. Selskapet fekk til saman 43,9 mill. kroner i tilskot for 2022. Av dette vart 7 mill. kroner løyvde i revidert nasjonalbudsjett for å dekkje auka utgifter knytte til ny mellombels flyavtale. Trepartssamarbeidet om flytransport mellom Lufttransport, Store Norske Spitsbergen Kulkompani (SNSK) og Kings Bay AS tok slutt 1. august 2022 på grunn av nedlegging av gruvedrifta i Svea. Kings Bay AS har inngått ein mellombels flytransportavtale med Lufttransport FW AS som gjeld vidare fram til 31. juli 2024, og ein ny langsiktig flytransportavtale som gjeld frå 1. august 2024 til 1. august 2030.

Som ledd i arbeidet til selskapet med å følgje opp Riksrevisjonens undersøking av korleis svalbardselskapa handterer klimautfordringane, har selskapet gjennomført ei tilstandsvurdering av sju freda og fem nyare bygnader. Kings Bay AS har halde fram med arbeidet med energiøkonomisering og å finne ei løysing for berekraftig energiproduksjon. Selskapet har delteke aktivt i viktige forskingsprosjekt om klimaendringar med bevaring og restaurering av kulturmiljø som tema.

Kap. 1474 Fram – Nordområdesenter for klima- og miljøforsking

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2022

Saldert budsjett 2023

Forslag 2024

01

Driftsutgifter, kan nyttast under postane 50 og 70

166

253

266

50

Tilskot til statlege mottakarar, kan overførast, kan nyttast under post 70

32 025

25 020

26 633

70

Tilskot til private mottakarar, kan overførast, kan nyttast under post 50

22 276

29 001

30 856

Sum kap. 1474

54 467

54 274

57 755

Løyvingane under kapittelet skal gå til å styrkje og skaffe framifrå ny kunnskap om klima og miljø og om miljøkonsekvensar av ny næringsverksemd i nord. Kunnskapen skal bidra til å forvalte hav- og landområda våre i nord og dei ressursane som finst der, på ein enda betre måte og sikre at ny næringsverksemd på dette området skjer innanfor miljøforsvarlege rammer. Betre kunnskap om klima og miljø har avgjerande verdi for ressursforvaltning, klimatilpassing, samfunnsplanlegging og beredskap i nord.

Frå 2023 skjer den faglege aktiviteten innanfor fire forskingsområde med varigheit på fem år:

  • Forsking for god forvaltning av Polhavet

  • Den samla effekten av fleire stressfaktorar i økosystema i nordområda

  • Samanhengen mellom terrestriske, ferskvass-, kyst- og marine økosystem

  • Berekraftig matproduksjon langs kysten i nord

  • I tillegg blir det samarbeidd om fire treårige prosjekt knytte til bevaring av Tana-laksen, påverknaden den tinande permafrosten har på infrastruktur på Svalbard, genetisk overvaking av dyreliv i nordområda og dessutan kunnskapsutveksling og kunnskapsbasert forvaltning av land- og sjøareal.

Post 01 Driftsutgifter, kan nyttast under postane 50 og 70

Foreslått løyving på posten er 0,3 mill. kroner og dekkjer godtgjersle og reiseutgifter til leiaren av styringsgruppa for Framsenteret.

Post 50 Tilskot til statlege mottakarar, kan overførast, kan nyttast under post 70

Foreslått løyving på posten er 26,6 mill. kroner.

Mål

Midlane skal gå til dei statlege partnarane i Framsenteret, med mål om å gjennomføre forvaltningsrelevant klima- og miljøforsking av høg kvalitet i nasjonale og internasjonale nettverk og til å delta i og utvikle vidare både nasjonalt og internasjonalt tverrfagleg forskingssamarbeid. Midlane skal òg gå til aktiv formidling av forskingsresultat frå klima- og miljøforsking i nord til næringsliv, skuleverk, forvaltningsnivå og eit breitt publikum. Prosjekta må liggje innanfor dei vedtekne faglege satsingsområda, må vere tverrfaglege, forvaltningsrelevante for nordområda og vere eit samarbeid mellom medlemmene i senteret.

Kriterium for måloppnåing

  • skaffe fram og publisere ny kunnskap av framifrå kvalitet

  • medverke til etablering av forskarutdanning og mastergradutdanning gjennom samarbeid med relevante institusjonar innan høgare utdanning innanfor klima og miljø

  • etablere fagleg forskingssamarbeid mellom relevante nasjonale institusjonar, fylle «kunnskapshòl» og gje nasjonal meirverdi

  • etablere gode forskingsretta nettverk nasjonalt og internasjonalt og samarbeide med dei andre FoU-miljøa i landsdelen

  • fleirfaglege og tverrfaglege samarbeidsprosjekt mellom institusjonane og forskarar med naturvitskapleg, teknologisk og samfunnsvitskapleg kompetanse

  • formidle forskingsresultat til brukarane, til dømes forvaltninga, næringslivet, skuleverket, andre relevante brukarar og eit breitt publikum.

Oppfølging og kontroll

Leiarane for kvar av dei faglege satsingsområda er pålagde saman med dei andre deltakarane i forskingsområdet å rapportere årleg om forskingsaktivitet som er sett i gang, og oppnådde resultat.

Post 70 Tilskot til private mottakarar, kan overførast, kan nyttast under post 50

Midlane skal gå til dei ikkje-statlege partnarane i Framsenteret, til dei same formåla som for post 50, og kriteria for måloppnåing, rapportering og tildeling, oppfølging og kontroll er dei same. Foreslått løyving er på om lag 30,9 mill. kroner på posten for 2023. Sjå elles omtalen under post 50 ovanfor. Posten dekkjer òg driftstilskot til Framsenteret Drift AS.

Rapport 2022

I 2022 har senteret finansiert fem store, integrerte forskingsprogram og gjort klart for oppstart av tre treårige prosjekt i 2023. Dei store forskingsprogramma har eit tidsperspektiv på fem år. Programma dekkjer ny kunnskap om isdekke og miljøpåverking i Polhavet, utvikling av nordnorsk kyst og interaksjonar mellom fersk- og saltvatn. Dei er alle tverrfaglege der medverking av brukarar, forvaltningsrelevans og formidling til brukarar og forvaltning er i fokus. I tillegg har Framsenteret formidla ei rekkje foredrag og populærvitskaplege bidrag i ulike medium, radio og avisartiklar, eigne nettsider og relevante konferansar. Årets utgåve av magasinet Fram Forum vart produsert og gjeven ut på engelsk i trykt og elektronisk versjon med global distribusjon.

Programkategori 12.70 Internasjonalt klimaarbeid

Hovudinnhald og prioriteringar

Utgiftene under programkategori 12.70 gjeld resultatområdet Klima. Kategorien omfattar verksemda til Klima- og miljødepartementet med kjøp og sal av kvotar og arbeidet departementet gjer med Klima- og skoginitiativet.

Klimautfordringa kan berre løysast gjennom eit globalt samarbeid. Noreg skal vere ein pådrivar i det internasjonale klimaarbeidet. Klima- og skoginitiativet er Noregs største internasjonale klima- og natursatsing og saman med kjøp av klimakvotar det viktigaste bidraget vårt til å redusere utslepp i utviklingsland. Andre hovudinnsatsområde i det internasjonale klimaarbeidet – Parisavtalen, klimafinansiering, utviklinga av internasjonale karbonmarknader og utfasing av subsidiar til fossile brensel, utslepp frå internasjonal transport og kortliva klimaforureiningar – er også omtalte i dette kapittelet.

Budsjettmidlar knytte til Parisavtalen og kortliva klimaforureiningar er omtalte under programkategori 12.10 Fellesoppgåver, forsking, internasjonalt arbeid m.m. Mykje av det internasjonale klimaarbeidet som er omtalt i dette kapittelet, er finansiert over budsjettet til Utanriksdepartementet.

Parisavtalen

Parisavtalen representerer saman med klimakonvensjonen eit solid rammeverk for global klimainnsats. 195 partar har ratifisert avtalen.

Det overordna formålet med Parisavtalen er å styrkje den globale innsatsen mot klimaendringane. Målet er å halde den globale temperaturauken til godt under 2 gradar samanlikna med førindustrielt nivå og å søkje å halde oppvarminga til 1,5 gradar. Dessutan skal evna til å handtere skadeverknadene av klimaendringane styrkjast i landa. Det er òg eit formål at finansstraumar skal bli meir i samsvar med ei klimarobust lågutsleppsutvikling. Med Parisavtalen tek alle statar på seg å utarbeide, melde inn, halde ved lag og rapportere på suksessive nasjonalt fastsette bidrag (Nationally Determined Contributions) og å setje i verk nasjonale tiltak med sikte på å nå dei. Ifølgje Parisavtalen vil dei suksessive nasjonalt fastsette bidraga frå landa utgjere ein progresjon ut over gjeldande nasjonale bidrag og vere uttrykk for den høgast moglege ambisjonen i landa.

Noreg melde i november 2022 inn eit forsterka mål under Parisavtalen. Målet er å redusere utsleppa med minst 55 pst. innan 2030, samanlikna med 1990-nivået. Regjeringa ønskjer òg å oppfylle det forsterka målet saman med EU. Gjennom klimaavtalen med EU har Noreg allereie forplikta seg til å samarbeide med EU om å redusere utsleppa med minst 40 pst. innan 2030. EU har eit mål om å redusere netto utslepp med 55 pst. innan 2030 i desember 2020. Mange andre land har òg forsterka måla sine etter 2020, men dei nasjonalt fastsette bidraga som no ligg til grunn for Parisavtalen, er likevel langt unna den utviklingsbanen som er i tråd med temperaturmålet i avtalen.

Det er difor framleis stort behov for å auke ambisjonane. Ifølgje FNs klimapanel bør dei globale klimagassutsleppa nå toppen innan 2025, og dersom temperaturauken skal avgrensast til 2 °C, må globale utslepp reduserast med om lag 27 pst. innan 2030 samanlikna med 2019. Dersom oppvarminga skal haldast til 1,5 gradar, med inga eller avgrensa overskriding, må globale utslepp reduserast med om lag 43 pst. innan 2030. Partane i Parisavtalen skal på COP 28 i Dubai i ein «global gjennomgang» sjå på framgang mot dei kollektive måla under Parisavtalen og tilrå korleis dei skal styrkje innsatsen. For å nå temperaturmålet i Parisavtalen er det nødvendig at fleire land, særleg blant dei store utsleppslanda, forsterkar dei nasjonale måla sine under Parisavtalen.

Klimafinansiering

Norsk klimafinansiering til utviklingsland, utover Klima- og skoginitiativet og kjøp av klimakvotar, blir betalt over budsjettet til Utanriksdepartementet. Klima- og miljødepartementet omtaler likevel klimafinansiering breitt i denne budsjettproposisjonen for å gje ei samla framstilling.

Noreg har eit mål om å doble klimafinansieringa til utviklingsland frå 7 mrd. kroner i 2020 til 14 mrd. kroner i 2026. Nivået for dette målet blei nådd i 2022, da norsk klimafinansiering var på 15,5 mrd. kroner. Tala er berekningar, og det kan kome oppdateringar seinare. Norsk klimafinansiering til utviklingsland er samansett av offentleg klimafinansiering og privat klimafinansiering mobilisert av offentlege midlar. Den store auken i klimafinansieringa i 2022 kjem hovudsakleg av mobilisert privat kapital utløyst av offentlege midlar. Majoriteten vart mobilisert av Klimainvesteringsfondet, som Norfund forvaltar. Det var også ein auke i offentleg klimafinansiering. Klimafinansieringa blir berekna etterskotsvis, så difor kan ikkje totaltalet for norsk klimafinansiering lesast direkte ut av forslaget til statsbudsjett. Midlar som vart mobilisert gjennom privat kapital vil variere frå år til år. Difor er det ingen garanti for at vi når måltalet på 14 mrd. kroner til neste år.

Regjeringa foreslår å opprette ein ny statleg garantiordning for fornybar energi med ein garantiramme på 5 mrd. kroner i ein prøveperiode på fem år. Formålet med garantiordninga er auka investeringar i fornybar energi i utviklingsland. Ordninga skal mobilisere privat kapital som bidreg til dette. Norad vil ha det heilskaplege ansvaret for å forvalte ordninga og for at ordninga går i balanse på lang sikt. Norfund får i oppdrag å sørgje for ekstern kvalitetssikring av risikovurderingar.

Regjeringa oppretta i 2022 Statens klimainvesteringsfond for fornybar energi i utviklingsland (Klimainvesteringsfondet), forvalta av Norfund. Med investeringar på 2,1 mrd. kroner har fondet i 2022 bidratt til unngåtte klimagassutslepp estimert til 6,2 mill. tonn CO2-ekvivalentar i året i utviklingsland – tilsvarande ca. 13 pst. av norske klimagassutslepp i 2021.

Norsk støtte til klimatiltak i utviklingsland er svært viktig for ei effektiv gjennomføring av Parisavtalen. Noreg har vore eit føregangsland i å innrette klimafinansieringa til utviklingsland på ein langsiktig og føreseieleg måte. Særleg gjeld dette Klima- og skoginitiativet (sjå eigen tekst etter tabell 7.15 ), men også fleirårige avtalar med internasjonale organisasjonar og bilateralt samarbeid. Det er vidare bestemt at norsk bistand i hovudsak skal vere i samsvar med Parisavtalen. Det er i gang ein prosess for å leggje til rette for å styrkje klimaprofilen for all norsk bistand i Prop 1 S. for 2024 og framover.

Klimafinansiering gjennom multilaterale kanalar som Det grøne klimafondet (GCF), Den globale miljøfasiliteten (GEF) og Verdsbanken er også viktig. Regjeringa gjev eit bidrag til Det grøne klimafondet på 800 mill. kroner årleg for perioden 2024–2027. I 2024 betaler Utanriksdepartementet 700 mill. kroner over sitt budsjett, og 100 mill. kroner blir dekte over Klima- og miljødepartementet og kap. 1482 post 73 Klima- og skoginitiativet.

Auka ambisjonar ved bruk av fleksible mekanismar

I Parisavtalen er det opna for at land kan samarbeide om tiltak for å redusere utslepp av globale klimagassar. Marknadssamarbeid inneber at utsleppsreduksjonar blir overførte frå seljar- til kjøparland, med tilhøyrande justeringar i bokføringa til landa, og/eller private selskap. Slikt samarbeid opnar for at både seljar- og kjøparland kan auke ambisjonane sine, og kan bidra til å omstille økonomien i seljarlanda. Det kan såleis bli viktig for å realisere temperaturmålet i Parisavtalen, i tråd med prinsippet for berekraftig utvikling. Noreg har eit mål om å bli klimanøytralt frå og med 2030. Det inneber at frå 2030 skal norske utslepp av klimagassar motsvarast av klimatiltak i andre land gjennom EUs kvotemarknad, internasjonalt samarbeid om utsleppsreduksjonar, kvotehandel og prosjektbasert samarbeid. Noreg deltek difor i internasjonale karbonmarknader med eit mål om å auke farten og omfanget på dei globale utsleppskutta.

Noreg er ein aktiv pådrivar for å mogleggjere marknadsbasert samarbeid med høg miljøintegritet. For perioden etter 2020 er det artikkel 6 i Parisavtalen som setjer ramma for bruken av fleksible mekanismar mellom land. Arbeidet med å utvikle reglar og prosedyrar under artikkel 6 har vore krevjande og har teke tid. Det detaljerte regelverket for marknadsbasert samarbeid under Parisavtalen vart vedteke under COP26 i november 2021.

Klima- og miljødepartementet deltek i Verdsbankfondet Transformative Carbon Asset Facility (TCAF). Fondet utviklar pilotar for samarbeidsformer tilpassa regelverket for artikkel 6 under Parisavtalen. Formålet med samarbeida er å bidra til varig omlegging i utviklingsland gjennom program som støttar utvikling av lågutsleppsløysingar og redusere utslepp. Fondet skal medverke til at utviklingslanda aukar ambisjonane sine. Det første programmet er no signert for perioden 2023–2028 og gjeld energireform og utfasing av fossile subsidiar i Usbekistan.

Departementet inngjekk i 2019 ein avtale med Global Green Growth Institute (GGGI) om å utvikle program under artikkel 6 i Parisavtalen. GGGI arbeider med å utvikle program på policynivå i Indonesia, Marokko og Senegal. Det kan bli aktuelt å starte forhandlingar om programavtalar i 2024. Det kan òg vere ønskjeleg å supplere arbeidet i TCAF og GGGI med å prøve ut samarbeid gjennom andre kanalar, til dømes bilateralt samarbeid eller samarbeid gjennom andre institusjonar.

Bruken av fleksible mekanismar gjennom Den grøne utviklingsmekanismen under Kyotoprotokollen har ført til store investeringar og grøn omstilling i utviklingsland og har vist korleis ein kan gjennomføre tiltak som ikkje berre reduserer utslepp av drivhusgassar, men også har hatt stor utviklingseffekt til dømes gjennom redusert lokal forureining og tilgang på rein energi.

Prising av utslepp og utfasing av subsidiar til fossile brensel

Noreg skal vere ein pådrivar i arbeidet for å setje ein pris på CO2 og for utvikling av effektive, fungerande internasjonale karbonmarknader. I innmeldingane av nasjonale mål (NDC) til FNs klimakonvensjon er det mange land som opplyser at dei har sett, eller vurderer å setje, ein pris på utslepp av klimagassar. I dag er 23 pst. av dei globale klimagassutsleppa dekte av karbonprising.5 Felles for dei fleste av landa som har ein pris på utslepp, er at prisane er for låge til å fremje teknologisk utvikling og omstilling. Ein meir ambisiøs klimapolitikk globalt vil krevje høgare prisar på utslepp.

Noreg deltek i Verdsbank-programmet Partnership for Market Implementation (PMI). PMI arbeider med å utvikle og implementere karbonprising i 17 land. PMI operasjonaliserer òg artikkel 6 i Parisavtalen for å leggje til rette for at landa kan delta i marknadssamarbeid og karbonmarknader. Noreg bidreg med 7 mill. USD til PMI fram til 2027. Noreg er partnar i The Carbon Pricing Leadership Coalition (CPLC), eit globalt initiativ leidd av Verdsbanken. Initiativet arbeider saman med styresmakter, akademia, privat sektor og sivilsamfunn for å støtte utviklinga av karbonprising internasjonalt. Noreg har òg slutta seg til initiativet «Global Carbon Pricing Challenge (GCPC)». Initiativet skal fremje global karbonprising, med mål om at 60 pst. av alle utslepp skal dekkjast av karbonpris innan 2030.

Regjeringa arbeider òg for utfasing av subsidiar på fossile brensel. I 2022 vart det, ifølgje OECD og IEA, for første gongen brukt meir enn 1 000 mrd. USD globalt på subsidiar til produksjon og forbruk av fossile brensel. Utfasing av fossile subsidiar er eit viktig tiltak land kan gjennomføre for å medverke til at utsleppa av drivhusgassar går ned. Noreg støttar reform av fossile subsidiar på landnivå mellom anna gjennom Verdsbanken og gjennom Global Subsidy Initative (GSI). Noreg arbeider òg for å fase ut fossile subsidiar gjennom andre kanalar, slike som Vennegruppa for reform av fossile subsidiar saman med dei andre nordiske landa og Costa Rica, Etiopia, New Zealand, Uruguay og Sveits. Noreg deltek òg i forhandlingane om ein ny avtale om klima, handel og berekraft (ACCTS), der utfasing av fossile subsidiar er eit sentralt tema.

Utslepp frå internasjonal transport

Noreg arbeider innanfor FNs sjøfartsorganisasjon (IMO) og FNs organisasjon for sivil luftfart (ICAO) med å utvikle og gjennomføre regelverk for å redusere klimagassutsleppa frå internasjonal transport. I IMO vedtok partsmøtet i 2023 ein revidert klimastrategi som stadfestar målsetjinga om netto-null-utslepp frå skipsfarten innan 2050 samanlikna med 2008. Den reviderte strategien inneheld òg målsetjingar for utsleppsreduksjonar i 2030 og 2040, og dessutan ei stram tidslinje for å etablere ein pakke med krav og tiltak for å nå utsleppsmåla. Innan 2025 skal IMO vedta ein pakke med krav og tiltak beståande av eit teknisk element og eit økonomisk element. Noreg hadde ei sentral rolle i arbeidet med ny klimastrategi, i tråd med ministererklæringa Noreg slutta seg til under COP 26 om utsleppsfri internasjonal skipsfart i 2050. I tråd med pådrivarmandatet jobbar Noreg no aktivt med andre land for å vidareutvikle krav og tiltak innan fristen i 2025. Under COP 26 slutta Noreg seg til Clydebank-erklæringa om å etablere minimum seks utsleppsfrie grøne korridorar til sjøs innan midten av tiåret. Under COP 27 lanserte Noreg saman med USA «Green Shipping Challange» der meir enn 50 land og maritime aktørar har lansert tiltaka sine for grøn omstilling av skipsfarten.

I oktober 2016 vedtok generalforsamlinga i FNs luftfartsorganisasjon (ICAO) å innføre eit marknadsbasert verkemiddel for å medverke til at vidare vekst i internasjonal luftfart etter 2020 ikkje aukar netto CO2-utslepp, såkalla karbonnøytral vekst. Hausten 2022 vedtok ICAO også eit mål om at sektoren skal ha netto null karbonutslepp i 2050 («Long Term Aspirational Goal»). På engelsk blir det marknadsbaserte verkemiddelet kalla Carbon Offsetting Reduction Scheme for International Aviation (CORSIA). ICAO har vedteke utfyllande føresegner i seinare generalforsamlings- (2019 og 2022) og rådsmøte. Av særleg betydning er at utslepp høgare enn 85 pst. av nivået i 2019 (før pandemien) frå og med 2024 skal kompenserast med reduksjonar i utslepp i andre sektorar, og at slike utsleppsreduksjonar må ha skjedd etter 2020. Noreg er eitt av over 115 land, inkludert 43 andre europeiske land, som så langt har meldt at vi ønskjer å delta i den frivillige fasen 2021–2026 for ICAO CORSIA. Ytterlegare ti land har sagt dei vil delta frå og med perioden 2024–2026. Andre fase, som er obligatorisk for dei fleste landa, er frå 2027 til 2035. To norske luftfartøyoperatørar vil vere omfatta av ICAO CORSIA. ICAO CORSIA vart gjennomført i norsk rett i 2019 gjennom endringar i klimakvotelova og klimakvoteforskrifta, jf. Prop. 109 L (2018–2019).

Tabell 7.15 Nasjonale mål under programkategori 12.70

Resultatområde

Resultatområde

Klima

Medverke til at redusert og reversert tap av tropisk skog gjev eit meir stabilt klima, meir bevart naturmangfald og ei meir berekraftig utvikling

Klima- og skoginitiativet

Å hindre øydelegging av regnskogen er heilt sentralt for å avgrense klimaendringane og for å bevare naturmangfaldet i verda. FNs klimapanel har vist at for å oppnå måla i Parisavtalen krevst det stans i avskoginga nesten med det same i tillegg til ei omfattande restaurering av skog og andre økosystem. Stans i avskoging er eit av delmåla under FNs berekraftsmål, og redusert avskoging er ein føresetnad for å nå ei rekkje andre berekraftsmål. Skogen sikrar levekår for urfolk og andre som bur i og rundt skogen. Han gjev essensielle økosystemtenester utover klima og naturmangfald og er mellom anna avgjerande for tilgang til vatn for matproduksjonen i verda.

Hovudmålet til Klima- og skoginitiativet er å medverke til at redusert og reversert tap av tropisk skog gjev eit meir stabilt klima, meir bevart naturmangfald og ei meir berekraftig utvikling. Hovudmålet er delt inn i to delmål: (i) å medverke til berekraftig skog- og arealforvaltning i utviklingsland og (ii) å medverke til redusert press på tropiske skogareal frå globale marknader. Noreg, gjennom Klima- og skoginitiativet, vil sjølvsagt ikkje kunne oppnå desse globale måla aleine. Gjennom målretta og strategisk innsats skal initiativet medverke til at verda skal kunne nå måla. Innsats som mest effektivt medverkar til kostnadseffektive og målbare utsleppsreduksjonar, er prioritert.

Strategien til Klima- og skoginitiativet er laga ut frå at det til sjuande og sist er betre arealpolitikk i skoglanda som vil gjere det mogleg å redusere avskoginga. Dette skjer særleg på nasjonalt nivå gjennom vedteken og gjennomført politikk i skoglanda. Difor har Klima- og skoginitiativet bilaterale samarbeidsavtalar med viktige skogland der det er politisk vilje til å bevare skogen, og der det er potensial for utsleppskutt. Styrkte rettar og betre levekår for urfolk er ein del av ein berekraftig arealpolitikk i landa. Det globale samfunnet kan leggje til rette for betre arealpolitikk i skoglanda gjennom å skape effektive internasjonale insentiv for redusert avskoging, mellom anna gjennom karbonmarknader og internasjonal finansiering og krav til berekraftig handel med råvarer kopla til risiko for avskoging.

Indonesia og Noreg inngjekk hausten 2022 ein ny partnarskapsavtale. Indonesia har hatt ein betydeleg nedgang i avskoginga sidan 2015, frå eit nivå på 1,22 mill. ha avskoging på det høgaste, til dei seinaste skogtala som viser avskoging på 113 500 ha i 2021. I 2022 betalte Noreg 595 mill. kroner for 11,2 mill. tonn verifiserte utsleppsreduksjonar. Indonesia har levert ytterlegare utsleppsreduksjonar som Noreg planlegg å betale for i 2023. Brasil var lenge ei suksesshistorie og kunne vise til utsleppsreduksjonar på fleire milliardar tonn reduserte utslepp fram mot 2015. Med innsetjing av ny regjering med Bolsonaro som president i 2019 steig avskoginga. Noreg stansa utbetalingar, og midlane i det brasilianske Amazonasfondet vart frosne. Etter nytt val hausten 2022 vart ei ny regjering under president Lula da Silva sett inn i 2023, og regnskogen i Amazonas har igjen blitt ein hovudprioritet for regjeringa. Allereie sommaren 2023 har Brasil målt ein kraftig nedgang i avskoginga samanlikna med same perioden i 2022. Norske midlar som står i Amazonasfondet, har vore frosne sidan 2019 fordi Bolsonaro braut avtalen med Noreg om fondet. Fondet er i 2023 opna igjen og gjev støtte til nye prosjekt i Amazonas.

I Kongobassenget har Gabon sett seg mål om å ta vare på heile 98 pst. av skogen sin. I 2020 fekk Gabon verifisert 5 mill. tonn reduserte utslepp frå skog oppnådd i perioden 2016 til 2017, og i 2021 betalte Noreg 148 mill. kroner for 3,4 mill. av desse. Dette var den første utbetalinga for resultat på nasjonalt nivå til eit land i Afrika. Gabon har òg rapportert om utsleppsreduksjonar i åra 2018 til 2020, men desse er enno ikkje verifiserte.

Å skape ein berekraftig arealpolitikk er svært utfordrande, og det blir vanskelegare av at dei globale råvaremarknadene framleis spør etter produkt som er knytte til avskoging. Rundt ein fjerdedel av globale klimagassutslepp kjem frå jordbruk, skog og annan arealbruk, med konvertering av skog til jordbruksland som viktigaste årsak. Etterspurnaden etter råvarer som storfekjøtt, soya, palmeolje, tømmer, papirmasse og kakao har auka, driven av at verdsbefolkninga blir større og stadig rikare. Auka etterspurnad etter mat og andre råvarer kan i stor grad møtast med meir effektiv arealbruk. Dette må skje gjennom politiske reformer i skoglanda. I tillegg må produsentar, næringsmiddelselskap og forbrukarar bli stilte til ansvar og investorar, bankar og regulatoriske styresmakter i større grad inkorporere avskogingsrisiko i rammeverka og avgjerdene sine.

Mykje av avskoginga som skjer er ulovleg, og handel med ulovlege råvarer aukar presset på skogen. Ein sentral del av innsatsen til Klima- og skoginitiativet rettar seg mot skogkriminalitet. Ein føresetnad for innsatsen til styresmaktene på nasjonalt nivå, og næringslivet i marknaden, er tilgang til data om kvar og korleis skogen forsvinn. Difor satsar Klima- og skoginitiativet på å betre tilgangen til data om skogen og aktørane som direkte eller indirekte øydelegg han.

Boks 7.2 Erfaringar frå 15 år med bilaterale landpartnarskapar

  • 1. Klima- og skoginitiativets hovudtilnærming med vekt på resultatbasert støtte har medverka til store utsleppsreduksjonar frå tropisk skog og til sterk nasjonal eigarskap i partnarland.

  • 2. Dei overordna måla om bevart naturmangfald og berekraftig utvikling har ikkje vore like tydeleg kommunisert som målet om eit stabilt klima.

  • 3. Målsetjingane i dei bilaterale avtalane med partnarlanda har med medvit vore svært ambisiøse og ofte berre mogleg å oppnå med ein kombinasjon av vedvarande sterk politisk vilje i skoglanda og atskilleg større internasjonal støtte enn Noregs trass alt avgrensa bidrag.

  • 4. Støtta til kapasitetsbygging og reformer («fase 1 og 2») på førehand av resultatbaserte utbetalingar har vore viktig for framgang i samarbeidslanda og kunne nokre stader vore utvida.

  • 5. Noreg har stilt høge krav om ivaretaking av sosiale og miljømessige forhold i samarbeida sine. Dette er viktig for å lykkast med REDD+, men har også teke tid og kan vere politisk krevjande.

  • 6. Klima- og skoginitiativets støtte til sivilt samfunn har auka gjennom perioden. Sivilsamfunnsorganisasjonar har gjeve solide bidrag til Klima- og skoginitiativets mål. I nokre tilfelle kan slik støtte også vere politisk utfordrande.

  • 7. Tett politisk dialog er grunnleggjande for å lykkast.

  • 8. Dei bilaterale skogsamarbeida har gjort den norske politiske profilen og Noreg meir synlege i partnarlanda.

  • 9. Klima- og skoginitiativet har etter kvart lykkast godt med å mobilisere andre gjevarar, inkludert privat næringsliv. Likevel er det behov for ytterlegare auka finansiering til skogbevaring.

  • 10. Dei globale strategiane til initiativet styrkjer måloppnåinga på landnivå. Desse omfattar mellom anna innsats for urfolk, karbonmarknader og globale insentivstrukturar, satellittdata og transparens, avskogingsfrie råvarekjeder og innsats mot skogkriminalitet.

  • 11. Dei bilaterale landpartnarskapane har gjeve erfaringar som har medverka til å auke ambisjonane i klimaforhandlingane under FNs klimakonvensjon og anna internasjonalt samarbeid på klima- og skogområdet. Samstundes har internasjonale prosessar bidrege til framdrift og utvikling i skoglanda.

  • 12. Partnarskapstilnærming i dei bilaterale samarbeida og betaling for oppnådde resultat har danna rammene for forvaltninga av Klima- og skoginitiativet. Ei slik tilnærming skil seg frå mykje annan offentleg bistand.

  • 13. Det kan vere utfordrande å kommunisere rundt resultatbaserte strukturar og korleis desse heng saman med nasjonal politikk i skoglanda.

  • 14. Bidrag frå landpartnarskapane til andre mål enn utsleppsreduksjonar, slik som fattigdomsreduksjon og auka naturmangfald, kan kommuniserast tydelegare.

  • 15. Klima- og skoginnsatsen heng tett saman med mykje annan norsk bistand. Tettare koplingar mellom områda kan bidra til auka måloppnåing.

Prioriteringar

Regjeringa lovde i Hurdalsplattforma at ein skulle gjennomgå og fornye Klima- og skoginitiativet. Klima- og miljødepartementet, med innspel frå Utanriksdepartementet og utanriksstasjonane, gjennomgjekk det bilaterale samarbeidet til initiativet i 2022. Klima- og miljødepartementet har etter gjennomgangen samanfatta «Erfaringar frå 15 år med landpartnarskapar» (sjå boks 7.2). Departementet har òg samanfatta erfaringar frå dei globale strategiske satsingane. Erfaringsnotatet konkluderer med at initiativet har levert viktige bidrag mot måla som har vore sette av Stortinget. Strategien til initiativet har fungert godt og vil førast vidare. Gjennomgangen peiker både på gode erfaringar og forbetringspunkt. Ein vil gjere nokre justeringar, mellom anna å leggje meir vekt på gjennomføring av Naturavtalen frå Montreal frå 2022, å betre synleggjere dei breiare utviklingseffektane av innsatsen, vidareutvikle risikovurderingar og dessutan styrkje politisk dialog og støtte til gjennomføring av partnarskapsavtalane. Det er behov for å mobilisere andre store gjevarar ytterlegare og å identifisere løysingar der offentlege midlar kan medverke til å utløyse auka privat kapital for skogbevaring. Samarbeidet mellom UD, KLD, Norad og ambassadane blir systematisert for å sikre heilskapleg norsk tilnærming i samarbeidslanda. For å styrkje partnarskapstilnærminga til Klima- og skoginitiativet blir det opna for at eit partnarland, under visse føresetnader, kan rapportere på bruk av tilskotsmidlar basert på den finansforvaltninga og det budsjett- og rekneskapssystemet som landet har. Ved bruk av tilnærminga skal det gjerast ei konkret risikovurdering og risikomildnande tiltak identifiserast. Dette arbeidet vil evaluerast. Sjå meir om gjennomgangen av dei ulike innsatsområda til Klima- og skoginitiativet under rapportering på posten for 2022.

Mange skogland er venta å levere store utsleppsreduksjonar i åra som kjem. Mange private selskap uttrykkjer interesse for å kjøpe utsleppsreduksjonar frå tropisk skog. Privat finansiering har potensial til å bli viktigare enn bistand. I 2021 annonserte Noreg, USA og Storbritannia LEAF-koalisjonen saman med store selskap som Amazon, Unilever og Walmart. Koalisjonen gav ein samla lovnad om minst 1 mrd. dollar til betaling for utsleppsreduksjonar frå skog i utviklingsland i perioden 2022–2026. Ved utgangen av 2022 hadde ni skogjurisdiksjonar inngått intensjonsavtalar med LEAF.

Klima- og skoginitiativet søkjer å medverke til å skape ein marknad for skogkredittar av høg miljømessig og sosial kvalitet og vil tilby ein prisgaranti til skoglanda ved sal av utsleppsreduksjonar målt i tonn CO2. For nokre skogland er det ei utfordring å sertifisere utsleppsreduksjonar med høg standard. Noreg vil difor halde fram med å medverke til at skoglanda får den tekniske støtta dei treng for å dokumentere resultat og for å involvere urfolk og andre i arbeidet, slik at dei første transaksjonane i LEAF kan skje.

På klimatoppmøtet i Glasgow i desember 2021 kom ti av dei største forhandlarane av råvarer som driv avskoging, med lovnad om berekraftige forsyningskjeder. Det kom òg lovnader om avskogingsfrie investeringsporteføljar frå leiande investorar. Klima- og skoginitiativet jobbar for å sikre at lovnadene blir gjennomførte. I 2023 har EU vedteke eit forbod mot import, eksport og omsetjing av sju råvarer og vidareforedla produkt frå desse som fører til avskoging og at skogen blir ringare. Regjeringa vil framover avgjere korleis forordninga skal følgjast opp i norsk lovverk. Noreg har støtta utviklinga av verktøy for å få gode data om avskogingsrisiko i verdikjeder. Gode data er avgjerande både for å kunne gjennomføre frivillige forpliktingar og reguleringar mot avskoging i råvaremarknader.

Tilgang til data om skogen, slik som kvar og kvifor han blir øydelagd, er ein føresetnad for at skoglanda skal kunne målrette innsatsen sin, og for å stille dei som står attom, til ansvar. Store delar av den globale avskoginga er ulovleg. Auka transparens kan endre den politiske viljen til å ta tak i dette. Også lovleg avskoging kan reduserast dersom marknaden betre kan vurdere risikoen for avskoging i produksjonen av råvarer. Klima- og skoginitiativet har vore ein leiande aktør i å etablere ein infrastruktur for offentleg tilgjengelege data om skogen. I dag er høgoppløyselege satellittbilete av den tropiske skogen gratis og offentleg tilgjengelege for verda. Skogland, organisasjonar og privat næringsliv får støtte og verktøy for å bruke dataa. Sjå omtalen av den samla innsatsen for auka transparens i rapporteringa for 2022.

Under klimatoppmøtet i Glasgow i desember 2021 fekk naturen og skogen ei meir framståande rolle enn tidlegare. 142 land kom saman i Glasgow-erklæringa med mål om å stanse og reversere tap av tropisk skog innan 2030. Offentlege gjevarar lovde til saman 12 mrd. dollar til skog dei neste fem åra, inkludert betydeleg auka finansiell støtte til urfolk. Fleire gjevarar er no større enn Noreg. På klimatoppmøtet i Sharm el-Sheikh i 2022 vart det inngått ein koalisjon av land med høge ambisjonar for skogagendaen Forest and Climate Leaders Partnership (FCLP), som skal arbeide med å gjennomføre Glasgow-erklæringa. Noreg deltek i styret som er leidd av USA og Ghana.

Hausten 2022 fekk verda ein ny naturavtale under det 15. partsmøtet for FNs konvensjon for biologisk mangfald. Naturavtalen har globale mål på område som vil gje direkte bidrag til skogsatsinga, inkludert mål om vern (30 pst. innan 2030), restaurering av område som har tapt seg, berekraftig arealpolitikk, støtte til urfolksrettar og mobilisering av finansiering til natur og utfasing av subsidiar som er skadelege for biologisk mangfald. Det er stort samanfall mellom drivarar av tropisk avskoging og tap av biomangfald: ekspansjon av jordbruksverksemd, illegal verksemd og ineffektiv arealbruk. Den nasjonale oppfølginga hos landa av naturavtalen vil difor heilt konkret bidra til redusert avskoging og å gjere skogen mindre ringare, og omvendt.

Støtte til sivilsamfunnsaktørar er ein sentral del av innsatsen til Klima- og skoginitiativet. Sivilsamfunnsorganisasjonar fungerer som kunnskapsprodusentar og -formidlarar, og dei medverkar til auka forankring på tvers av politiske skiljelinjer og regjeringar. Klima- og skoginitiativet har ein portefølje med støtte til rundt 40 sivilsamfunnsprogram globalt som blir ført vidare i 2024. Prioriterte innsatsområde er urfolk og lokalsamfunn, avskogingsfrie forsyningskjeder og finansmarknader, innsats mot skogkriminalitet og for auka transparens i tillegg til høgare klimaambisjonar og skogvennleg arealpolitikk.

Risiko

Skogbevaring er heilt sentralt for å redusere risikoen for klimaendringar med alvorlege konsekvensar for menneskeslekta. Risiko knytt til skogbevaring er størst ved å ikkje gjere noko. Risikoen som ligg i sjølve innsatsen, er i stor grad den same som han har vore i dei 15 første åra til initiativet. Dette inkluderer mellom anna låg kapasitet hos styresmakter i skogland, skiftande politisk vilje i skogland, korrupsjon, sterke økonomiske særinteresser i industriar som driv avskoging, marknadssvikt og fattigdom. Politiske skifte vil også framover kunne føre til forseinkingar eller endra strategi i samarbeida og korleis dei er innretta. Globalt er marknadskreftene som driv avskoging, enorme. Sjølv om skoglanda skulle lykkast med å rasjonalisere arealforvaltninga, er presset på skogen sterkt. Å stanse tropisk avskoging vil krevje ei betydeleg endring i det globale matsystemet.

Alle skoglanda som Klima- og skoginitiativet samarbeider med, har utfordringar når det gjeld styresett. Fleire av satsingane inneber òg betydeleg risiko for økonomisk misleghald. Risikovurderingar og risikohandtering er difor ein sentral del av alle innsatsane til initiativet. Grundig kvalitetssikring før inngåing av tilskotsavtalar er eitt sentralt element i dette arbeidet. Som for alle bistandsprosjekt er nulltoleranseprinsippet lagt til grunn for økonomisk misleghald, sjå nærmare i omtale i Prop. 1 S (2023–2024) for Utanriksdepartementet.

Krigen i Ukraina har fått store konsekvensar for marknader for mat, råvarer, energi m.m. i 2022–2023 og vil òg påverke desse marknadene framover. Auka fattigdom og høgare mat- og råvareprisar legg ytterlegare press på skogen og gjer arbeidet med å bevare skog ekstra utfordrande. Dette kjem i tillegg til det som framleis er ein krevjande situasjon etter covid-19-pandemien.

Kortliva klimaforureiningar

Noreg har i fleire år prioritert kunnskapsutvikling og internasjonalt engasjement for å redusere utslepp som gjev klimaeffekt på kort sikt, og som gjev tilleggseffektar som betre helse og auka matproduksjon. Arbeidet blir konsentrert om å redusere kortliva klimadrivarar som metan, svart karbon (BC) og nokre hydrofluorkarbon (HFK). Desse har relativt kort levetid i atmosfæren samanlikna med CO2, og reduksjon kan difor gje rask klimaeffekt og bremse farten på oppvarminga. Dette vil vere viktig for land som er særleg sårbare for konsekvensane av klimaendringane. Sidan ein del av tiltaka for å redusere desse utsleppa òg har ei rekkje andre fordelar, som betre luftkvalitet, helse og jordbruksproduktivitet, kan vi redusere skadeverknadene av klimaendringane og samstundes medverke til å nå fleire av berekraftsmåla.

Noreg arbeider internasjonalt for å redusere utsleppa av kortliva klimaforureiningar både gjennom Koalisjonen for klima og rein luft (CCAC) og Arktisk råd. I tillegg bidreg Miljødirektoratet i arbeid for internasjonal kunnskapsutvikling med å utvikle ein metodologirapport for kortliva klimaforureiningar under IPCC.

CCAC jobbar for å redusere utslepp av kortliva klimadrivarar globalt. Koalisjonen vart oppretta i 2012 og har no over 160 land og organisasjonar som medlemmer. Frå hausten 2023 trer Noreg på nytt inn i styringskomiteen til CCAC for ein toårig periode, etter tidlegare styreperiodar i åra 2013–2020. Noreg er særleg engasjert i å utvikle metodar for å vurdere tiltak som gjev klimaeffekt, både på kort og på lang sikt, og helsegevinstar ved redusert luftforureining.

Hausten 2021 slutta Noreg seg til Global Methane Pledge. CCAC er hovudpartnar for å leggje til rette for at landa kan gjennomføre Global Methane Pledge. Noreg bidreg i arbeidet for å redusere dei globale metanutsleppa med 30 pst. innan 2030, samanlikna med 2020-nivået. I tillegg deltek Noreg i leiarskapen i sektorarbeidet til CCAC innan olje og gass og har slutta seg til underinitiativet «Global Methane Pledge Energy Pathway» som arbeider med å redusere metanutslepp frå olje- og gassektoren. Noreg har òg slutta seg til «Methane Finance Sprint» for å auke den globale finansieringa til utsleppsreduserande tiltak for metan.

Noreg arbeider også med dei kortliva klimaforureingane svart karbon og metan i Arktisk råd. Arbeidet har så langt vore mest retta mot svart karbon. Svart karbon har ein særskilt oppvarmande effekt når det blir sleppt ut i nærleiken av dei arktiske områda, sidan partiklane legg seg på is og snø og hindrar at solstrålane blir reflekterte tilbake til atmosfæren. Dei arktiske landa står for 10 pst. av dei globale utsleppa av svart karbon (sot), men medverkar til 30 pst. av oppvarmingseffekten i Arktis. Utanriksministermøtet under Arktisk råd vedtok i 2017 eit felles mål om å redusere dei samla utsleppa av svart karbon med mellom 25 og 33 pst. innan 2025 samanlikna med 2013. Det felles målet er ikkje juridisk bindande.

Arktisk råd stiller regelmessig saman tilgjengeleg kunnskap om utslepp og effektar og gjennomfører ei rekkje konkrete pilotprosjekt for å redusere kortliva klimadrivarar. På grunn av pausen i Arktisk råd i samband med krigen i Ukraina manglar ein oppdatert status for korleis landa ligg an for å oppnå målet om utsleppsreduksjon av svart karbon. Dei siste tilgjengelege tala frå 2018 viste derimot at dei totale utsleppa var redusert med 20 pst. Noreg var pådrivar for å få dei arktiske landa med på det felles målet om reduksjon av svart karbon. Noreg vil framover vurdere korleis det er mest tenleg å føre vidare dette arbeidet, og vurdere ytterlegare tiltak mot metan, som eit prioritert område under den norske leiarskapen i Arktisk råd i 2023–2025.

I oktober 2016 vart det vedteke å fase ned produksjon og forbruk av hydrofluorkarbon (HFK) under Montrealprotokollen (Kigali-endringane). HFK-gassar blir nytta som erstatning for fleire av dei ozonreduserande gassane og er sterke klimagassar. Dei fleste HFK-gassane har kort levetid i atmosfæren samanlikna med CO2. Endringane gjeld frå 2019. Frå 2024 vil forpliktingane også ta til å gjelde for dei fleste utviklingslanda ved at veksten i HFK-utslepp skal stoppe opp. Noreg støtter landa i å nå forpliktingane sine under Montrealprotokollen ved å bidra med auka finansiering. I tillegg til Noregs nasjonale bidrag arbeider Noreg også bilateralt med India for å redusere HFK-utsleppa deira.

Nærmare om budsjettforslaget

Foreslått løyving knytt til programkategorien for 2024 er på 3,3 mrd. kroner. Dette er ein auke på 122,4 mill. kroner, eller 3,9 pst. samanlikna med saldert budsjett for 2023.

Overslaget over inntekter frå kvotesal er sett til om lag 2,6 mrd. kroner. Budsjettmidlar knytte til Parisavtalen og kortliva klimaforureiningar er omtalte under programkategori 12.10 Fellesoppgåver, forsking, internasjonalt arbeid m.m.

Utgifter under programkategori 12.70 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2022

Saldert budsjett 2023

Forslag 2024

Endring i pst.

1481

Klimakvotar

80 306

87 649

122 798

40,1

1482

Internasjonale klima- og utviklingstiltak

2 893 270

3 078 387

3 168 294

2,9

Sum kategori 12.70

2 973 576

3 166 036

3 291 092

3,9

Kap. 1481 Klimakvotar

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2022

Saldert budsjett 2023

Forslag 2024

01

Driftsutgifter, kan overførast

182

2 649

2 798

22

Internasjonalt samarbeid under Parisavtalens artikkel 6, kan overførast

80 124

85 000

120 000

Sum kap. 1481

80 306

87 649

122 798

Post 01 Driftsutgifter, kan overførast

Posten omfattar utgifter til kjøp av eksterne tenester som kommersiell og juridisk rådgjeving og andre driftsutgifter i samband med arbeidet med kjøp og eventuelt sal av utsleppsreduksjonar/kvotar. Det blir foreslått ei løyving på om lag 2,8 mill. kroner på denne posten.

Post 22 Internasjonalt samarbeid under Parisavtalens artikkel 6, kan overførast

Posten omfattar utgifter til utvikling av nye kvoteprogram og betaling for kvoteprogram og kjøp av klimakvotar under artikkel 6 i Parisavtalen.

Klima- og miljødepartementet foreslår at løyvinga blir auka til 120 mill. kroner, frå 85 mill. kroner i 2023. Løyvingsforslaget inkluderer mellom anna utbetalingar til fondet Transformative Carbon Asset Facility (TCAF) under Verdsbanken og betalingar til både programutvikling og kjernestøtte til Global Green Growth Institute (GGGI). Forvaltningskostnadene til TCAF blir òg dekte under posten. Posten omfattar i tillegg bidrag til norsk deltaking i Partnership for Market Implementation (PMI).

I 2019 inngjekk Klima- og miljødepartementet ein avtale om øyremerkte midlar til GGGI for å identifisere og utvikle program i utviklingsland. Programma kan gje grunnlag for kjøp av utsleppsreduksjonar i perioden 2024–2030. Departementet jobbar no saman med GGGI for å utvikle program i Indonesia, Marokko og Senegal. For å sikre at GGGI held fram med å auke kompetansen og kapasiteten sin til å utvikle gode sektor- og policyprogram under artikkel 6 i åra framover, blir det foreslått ei årleg løyving på 8 mill. kroner i kjernestøtte til GGGI i perioden i 2024–2026. Avhengig av framdrifta i programma som er under utvikling i dei tre partnarlanda, kan det òg bli aktuelt å inngå kjøpskontraktar om kvotar i 2024.

TCAF signerte sommaren 2023 den første programavtalen under fondet for perioden 2023–2028. Avtalen gjeld energireform og fjerning av fossile subsidiar i Usbekistan. Delar av utsleppsreduksjonane programmet vil bidra til, er kvotar Noreg kan kjøpe, og som kan medverke til at Noreg kan bli klimanøytralt frå og med 2030.

Det kan vere ønskjeleg å vurdere andre kanalar for marknadssamarbeid òg i tillegg til samarbeida med TCAF og GGGI. Det kan til dømes vere bilateralt samarbeid eller samarbeid gjennom andre institusjonar.

I gjennomføringa av kvotekjøpsprogrammet til staten vart det lagt vekt på at Noreg skal overhalde dei internasjonale forpliktingane sine under Kyotoprotokollen (2013–2020). Noreg har eit monaleg overskot av kvotar, drygt 30 mill. kvotar (tonn CO2-ekvivalentar). Oppgjeret for den norske forpliktinga under Kyotoprotokollen skjedde 6. september 2023. Overskotskvotane kan ikkje lenger overførast til, eller bli brukte av, andre land mot forpliktingane under Kyotoprotokollen eller Parisavtalen. Overskotet svarer til ei overoppfylling av forpliktinga med 8 prosentpoeng.

Ved utgangen av august 2023 forvalta Klima- og miljødepartementet avtalar om levering av til saman 54 mill. kvotar (tonn CO2-ekvivalentar). Dei aller fleste kvotane er leverte, men det står att nokre aktive avtalar under mellom anna CPF i Verdsbanken. I tillegg til avtalar som er inngått for levering i perioden 2013–2020, vart det overført om lag 3 mill. kvotar som ikkje vart nytta i den første Kyoto-perioden (2008–2012). Ved utgangen av august 2023 stod det om lag 42 mill. kvotar på statens konto i det internasjonale kvoteregisteret.

Langsiktige avtalar om kjøp av utsleppsreduksjonar (kvotar) blir inngått etter fullmakter frå Stortinget. I 2024 blir det gjort framlegg om å auke eksisterande fullmakt IV Kjøp av klimakvotar under Parisavtalens artikkel 6 frå 1,2 mrd. kroner til 8,2 mrd. kroner. Fullmakta skal dekkje framtidige utbetalingar for fleirårige avtalar til TCAF, GGGI og PMI, men òg gjere det mogleg å starte forhandlingar om nye kvotekjøpskontrakter dersom seljarlanda for programma som har blitt utvikla dei siste åra, blir klare til å forhandle om kjøpskontraktar for kvotar i 2024. Kvotekjøp i åra framover vil bidra til å framskynde den grøne omstillinga i utviklingsland. Kvotane kan medverke til at Noreg blir klimanøytralt frå og med 2030, jf. vedtak 897 (Prop. 115 S (2015-2016), Innst. 407 S (2015-2016). I ein situasjon der EU-samarbeidet ikkje tek oss heilt til 55 pst. utsleppsreduksjonar, kan desse kvotane brukast til å dekke det som manglar for oppfylling av Noregs mål under Parisavtalen.

Rapport 2022

Til saman i den andre Kyoto-perioden (2013–2020) inngjekk Klima- og miljødepartementet 17 bilaterale avtalar om levering av nær 21 mill. kvotar frå 24 prosjekt i utviklingsland. Dei fleste bilaterale prosjekt vart avslutta i 2021. Dei siste prosjekta gjennomførte leveringane sine i 2022, for eit volum på 825 713 kvotar. Totalt har desse prosjekta levert om lag 13 mill. kvotar.

I perioden 2013–2020 vart det òg inngått avtalar gjennom Verdsbankfondet Carbon Partnership Facility (CPF) og Nordic Environment Finance Corporation (NEFCO Carbon Fund og Norwegian Carbon Procurement Facility) med forventa levering av 25 mill. kvotar. CPF leverte 126 855 kvotar i 2022. Dei tre fonda har levert om lag 24 mill. kvotar sidan 2014. Ei meir detaljert oversikt over inngåtte avtalar ligg på www.carbonneutralnorway.no og på heimesidene til Klima- og miljødepartementet.

I 2022 vart det utbetalt midlar til TCAF, GGGI og PMI for programutvikling og kapasitetsbygging i partnarland for å delta i marknadssamarbeid under artikkel 6.

Kap. 4481 Sal av klimakvotar

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2022

Saldert budsjett 2023

Forslag 2024

01

Salsinntekter

2 279 021

2 594 562

2 826 518

Sum kap. 4481

2 279 021

2 594 562

2 826 518

Post 01 Salsinntekter

EUs reviderte kvotedirektiv, med underordna rettsakter, vart innlemma i EØS-avtalen i juli 2012. Reglane er harmoniserte på EU-nivå, og kvotar som ikkje blir tildelte gratis, skal seljast i den europeiske marknaden. Kommisjonen har fordelt mengda av kvotar som skal seljast, etter ein bestemt fordelingsnøkkel. Noregs del av totalt salsvolum er om lag 0,87 pst.

Å gjere kvotar tilgjengelege i marknaden gjennom auksjonar er eit sentralt element i EUs kvotesystem (EU ETS), og frå 2013 skal salet av klimakvotar skje på ei felleseuropeisk auksjonsplattform, for tida energibørsen European Energy Exchange (EEX) i Leipzig.

Basert på kvoteprisen i marknaden sommaren 2023 er inntekta frå sal av klimakvotane for 2024 berekna til om lag 2,8 mrd. kroner. Kvoteprisen har auka mykje det siste året, men prisane kan svinge sterkt i denne marknaden, og overslaget er difor usikkert.

Inntektsoverslaget for sal av Noregs del av kvotane (som skal auksjonerast under EUs kvotesystem) er justert opp med 231 mill. kroner i 2024 og 51 mill. kroner for 2025. For 2026 og 2027 er inntektene venta å bli høvesvis 313 og 424 mill. kroner lågare enn i 2023. Endringane frå Klar for 55 reduserer kvotetaket betrakteleg, men overgangen til full auksjonering for luftfart, innlemming av maritim sektor og spesielt den svake kronekursen forklarer majoriteten av aukane i antekne inntekter.

Kap. 1482 Internasjonale klima- og utviklingstiltak

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2022

Saldert budsjett 2023

Forslag 2024

01

Driftsutgifter

103 235

101 540

67 459

73

Klima- og skogsatsinga, kan overførast

2 790 035

2 976 847

3 100 835

Sum kap. 1482

2 893 270

3 078 387

3 168 294

Post 01 Driftsutgifter

Posten omfattar driftsmidlane knytte til Klima- og skoginitiativet. Posten dekkjer alle driftskostnader til satsinga, under dette lønn, administrasjon, reiseutgifter, informasjonsverksemd, evalueringar m.m. i Klima- og miljødepartementet, Utanriksdepartementet (med ambassadane) og Norad. I tillegg dekkjer løyvinga kjøp av varer og tenester knytte til drift, slik som utgreiingar, konsulenttenester, seminar og internasjonale møte m.m.

For 2024 er det foreslått ei løyving på 67,5 mill. kroner på posten. I 2024 blir 39,2 mill. kroner førte over frå posten til kap. 140, post 01, under Utanriksdepartementet. Dette dekkjer drifta ved norske ambassadar knytt til Klima- og skoginitiativet. Dette omfattar ni spesialutsendingar for klima og skog ved ambassadane og i tillegg lokalt tilsette og utgiftene ambassadane har knytt til innsatsen.

Det er lagt inn om lag 2,6 mill. kroner på posten til å dekkje kostnadene ved lønnsoppgjeret i staten i 2023. I medhald av OECD/DAC-direktivet kan visse utgifter godkjennast som offisiell utviklingshjelp (ODA-godkjende utgifter). Heile løyvinga på kap. 1482, post 01, er godkjend som utviklingshjelp.

Klima- og skoginitiativet er eit internasjonalt nybrotsarbeid. Å drive dette arbeidet framover er krevjande, både politisk og fagleg. Tilgang på variert og høg kompetanse og kapasitet gjennom målretta bruk av eksterne fagmiljø medverkar til å nå måla. Dette gjeld både for å drive det globale arbeidet med løysingsutvikling og klimapolitisk konsensusbygging vidare og for å kunne støtte arbeid som partnarland gjer med å utvikle og implementere klima- og skogstrategiane sine.

Rapport 2022

Kap. 1482, post 01, har blitt nytta til lønns- og driftsutgifter for Klima- og skoginitiativet. Midlane dekkjer lønns-, drifts- og reiseutgifter til satsinga i Klima- og miljødepartementet, Norad og ved norske utanriksstasjonar som forvaltar midlar for Klima- og skoginitiativet. Ein stor del av personellressursane i initiativet har vore nytta til å følgje opp dei bilaterale samarbeida og internasjonale prosessar som medverkar til å nå måla om utsleppsreduksjonar frå skog i utviklingsland.

Klima- og skoginitiativet har som mål å medverke til at redusert og reversert tap av tropisk skog gjev eit meir stabilt klima, meir bevart naturmangfald og meir berekraftig utvikling. Å nå målet krev kompetanse og deltaking i prosessar som ikkje kan dekkjast av norsk forvaltning aleine. Klima- og miljødepartementet har i 2022 hatt ein rammeavtale for konsulenttenester som gjev tilgang til kompetanse og kapasitet som departementet ikkje kan dekkje. Dette medverkar til auka måloppnåing for Klima- og skoginitiativet.

Klima- og skoginitiativet samarbeider med ei rekkje partnarland og organisasjonar internasjonalt. Dette inneber å delta på og å arrangere internasjonale møte og konferansar og å medverke i prosessar for å etablere internasjonalt samarbeid, ofte med fleire aktørar. Midlar på posten har vore brukte til å dekkje utgifter knytte til konsensusbygging, utvikling av analysar og løysingar m.m. Midlar har òg vore brukte til å innhente eksterne vurderingar av framdrifts- og utsleppsrapportar frå partnarland og til evalueringar av tilskotet.

Post 73 Klima- og skogsatsinga, kan overførast

For 2024 er det foreslått løyvd 3 100,8 mill. kroner på posten. Klima- og skoginitiativet har sidan lanseringa i 2007 inngått ei rekkje samarbeid og partnarskapar, i hovudsak med sentrale tropiske skogland, der hovudvekta av finansieringa er sett av til å betale for oppnådde resultat, fortrinnsvis verifiserte reduserte utslepp frå skog. Utbetalingane på posten blir tilpassa budsjettramma.

Det er fremja forslag om ei tilsegnsfullmakt på 2 460 mill. kroner på posten, sjå romartalsvedtak VI. Klima- og skoginitiativet inngår langsiktige avtalar om betaling for resultat i skoglanda. Partnarskapane til Klima- og skoginitiativet inneber fleire juridiske forpliktingar om fleirårige utbetalingar. Skyldnader blir utløyste når partnarlandet leverer resultat som avtalt, i form av verifiserte utsleppsreduksjonar, eller ved å oppnå milestolpar slik som gjennomføring av reformer for betra skogforvaltning og redusert avskoging. Fullmakta dekkjer òg dei juridiske forpliktingane Klima- og skoginitiativet har til betalingsmekanismen Emergent for utsleppsreduksjonar frå skog, avtalar med organisasjonar som inneber utbetalingsforpliktingar over fleire år, og kontrakt om innkjøp av høgoppløyselege satellittbilete som inneber økonomisk forplikting i fleire år.

I medhald av OECD/DAC-direktivet kan visse utgifter godkjennast som offisiell utviklingshjelp (ODA-godkjende utgifter). Heile løyvinga på kap. 1482, post 73, er godkjend som utviklingshjelp.

Mål

Hovudmål for tilskotet er at det skal medverke til at redusert og reversert tap av tropisk skog gjev eit meir stabilt klima, meir bevart naturmangfald og meir berekraftig utvikling. Under hovudmålet er det to delmål:

  • 1. å medverke til berekraftig arealforvaltning av tropisk skog i utviklingsland

  • 2. å medverke til redusert press på skogen frå globale marknader

Desse måla skal vere styrande for ressursbruken og prioriteringar og for vedtak om støtte frå posten.

Tildelingskriterium

Tilskotet dekkjer tre kategoriar av tiltak: i) betaling for verifiserte utsleppsreduksjonar, ii) finansiering av program- og prosjektporteføljar og iii) fondsoppbygging. I tillegg skal tilskotet vere med på å utvikle og å spreie kunnskap som medverkar til å nå måla til Klima- og skoginitiativet. Nedanfor er det gjort greie for kriteria for utbetaling av tilskot i kvar av dei tre kategoriane.

Betaling for verifiserte utsleppsreduksjonar

Det er eit hovudmål for Klima- og skoginitiativet å medverke til redusert og reversert tap av tropisk skog. Kriteria for å utløyse tilskotsmidlar er verifiserte reduksjonar av klimagassutslepp frå avskoging og skog som er gjord ringare. I tråd med føringane frå Stortinget er det eit mål å auke delen av tilskotet som blir utbetalt for verifiserte utsleppsreduksjonar frå skog. Slike utbetalingar er avhengige av effektive og robuste system for å måle og verifisere resultat, og storleiken på utbetalinga må stå i eit rimeleg forhold til det oppnådde resultatet. Blir det ikkje levert dokumentasjon på reduserte utslepp eller auka klimagassopptak i skog, skal midlane ikkje utbetalast.

I tråd med romartalsvedtak IX kan Klima- og skoginitiativet gje tilskot til finansieringsmekanismen Emergent med formål om å betale for framtidige verifiserte utsleppsreduksjonar frå tropisk skog.

Finansiering av program- og prosjektporteføljar

For å nå målet om redusert og reversert tap av tropisk skog er det i mange land behov for førebuande innsats for å starte dei nødvendige prosessane, etablere strategiar og arenaer og å støtte program for omlegging til nye forretningsmodellar og produksjonsmetodar i landbruket. Eit godt forvaltningsregime er ein føresetnad for å sikre framdrift i arbeidet og oppnå resultat av satsinga. Klima- og skoginitiativet vil difor føre vidare arbeidet med å styrkje gjennomføringstakta og hindre forseinkingar ved å medverke til reformer og institusjonsbygging i mottakarlanda. Dette vil òg møte forventningar og behov i mottakarlanda og styrkje moglegheiter landa har til varig betra skogforvaltning.

Styresmakter, organisasjonar, næringslivsaktørar og andre aktørar som kan medverke til reformprosessar og til å nå måla til Klima- og skoginitiativet, kan få tilskot frå posten.

Midlane skal nyttast til prosjekt eller program som fremjar institusjonsbygging, planprosessar, kartleggingsarbeid, kompetansebygging, kunnskapsutvikling eller liknande som medverkar til å nå måla for tilskotsposten. Midlar kan nyttast til tiltak som fremjar samarbeid med privat sektor, og som styrkjer insentiva for privat sektor til å investere i berekraftig og avskogingsfri produksjon av råvarer. Det kan mellom anna gjevast tilskot til private aktørar for å direkte redusere risikoen for investorar knytt til investeringar i avskogingsfri og berekraftig råvareproduksjon. Sjå romartalsvedtak knytt til posten for unntak frå økonomireglementet i visse tilfelle.

For øyremerkte tilskot til utviklingsretta aktivitetar i regi av FN kan opptil 1 pst. av bidraget brukast til å finansiere FNs stadlege koordinatorsystem (jf. FN-res. 72/279 vedteken i 2019).

Fondsoppbygging for framtidige utbetalingar for verifiserte utsleppsreduksjonar

Varig skogbevaring i utviklingsland krev store investeringar for berekraftig utvikling. Tilgang til føreseieleg finansiering av REDD+-investeringar er dermed ein føresetnad for å nå måla til Klima- og skoginitiativet. Det kan difor utbetalast midlar frå posten til multilaterale satsingar for framtidig betaling for utsleppsreduksjonar, til dømes Forest Carbon Partnership Facility (FCPF) i Verdsbanken.

Fondsoppbygging gjennom multilaterale satsingar skal vurderast separat for kvart enkelt tilfelle og berre når følgjande kriterium er oppfylte:

  • Betaling for resultat. Fondsoppbygging bør avgrensast til initiativ der Noreg medverkar til å byggje opp fond med eksplisitt formål å betale for framtidige verifiserte utsleppsreduksjonar frå skog.

  • Utfall av forhandlingar. Nye unntak skal berre vurderast for initiativ der Noreg må ta omsyn til ein eller fleire andre store bidragsytarar og/eller praksis og behov hos multilaterale samarbeidspartnarar. Noreg skal i forhandlingar først ha prøvd å få gjennomslag for at midlane blir utbetalte til fondet etter at utsleppsreduksjonane er oppnådde.

  • Forsvarleg forvaltning. Det må etablerast juridiske rammeverk og styringsstruktur knytte til fonda som sikrar god forvaltning av midlane. Dersom midlane er forvalta i felles fond med fleire bidragsytarar, skal Noreg prøve å etablere felles forvaltningskrav som sikrar effektiv forvaltning.

Utvikle og spreie kunnskap om måla til Klima- og skoginitiativet

Global oppslutning er ein premiss for å nå måla til Klima- og skoginitiativet. For å medverke til dette blir det støtta tiltak for å utvikle og spreie kunnskap som er relevant for målsetjingane til Klima- og skoginitiativet slik dei er beskrivne over. Det kan søkjast om tilskotsmidlar til kunnskapsformidling retta mot endringsaktørar og premissleverandørar globalt eller nasjonalt, mot marknadsaktørar og mot befolkning i skogland, gjevarland eller globalt. Tiltak med mål om å formidle kunnskap kan få tilskot. Opplæring og kunnskapsproduksjon kan inngå som ein del av prosjektet.

Oppfølging og kontroll

For kvar utbetaling skal det rapporterast på oppnådde resultat i samsvar med dei inngåtte avtalane og måla med tilskotet. Tilskotsmottakarar skal ha sikringsmekanismar mot korrupsjon og negative sosiale og økonomiske konsekvensar.

Betaling for verifiserte utsleppsreduksjonar skjer etterskotsvis. Utbetalingane vil skje til fond, der fondsforvaltaren er tilskotsmottakar. På visse vilkår vil utbetalingane kunne skje til nasjonale eller subnasjonale styresmakter, sjå nedanfor. I visse høve vil det vere ønskjeleg å betale ein viss del vidare frå eit fond på forskot, mellom anna ved deltaking i fond under Verdsbanken. Ved delegert samarbeid om betaling for verifiserte utsleppsreduksjonar kan forvaltninga delegerast til ein annan donor. Klima- og miljødepartementets oppfølging av midlane blir da teken vare på gjennom avtalen mellom Noreg og den forvaltninga er delegert til. Eit døme på eit slikt delegert samarbeid er REDD Early Movers (REM)-samarbeidet med den tyske utviklingsbanken KfW. For tilskot til FN-organisasjonar skal regelverket i den enkelte organisasjonen leggjast til grunn for oppfølgings- og kontrolltiltak.

Avtalar om utbetalingar til fond bør gje høve til kontroll og tilbakebetaling av tilskotet innanfor eit rimeleg tidsrom dersom det ikkje er forvalta i tråd med intensjonen. Ved utbetalingar til fond, og til nasjonale eller subnasjonale styresmakter, må det avtalast at fondet berre kan bruke norske midlar på tiltak som er godkjende som offisiell bistand (ODA). I tillegg skal avtalane slå fast at tilskotsmottakarar skal ha sikringsmekanismar mot korrupsjon og negative sosiale og økonomiske konsekvensar i dei vidare utbetalingane til ODA-godkjende aktivitetar, og at det blir rapportert eller offentleggjort informasjon om oppnådde resultat. Avtalane skal vidare medverke til måla til Klima- og skoginitiativet om reduserte klimagassutslepp, biologisk mangfald og berekraftig utvikling.

Etterskotsvis betaling for verifiserte utsleppsreduksjonar kan vurderast gjort direkte til nasjonale eller subnasjonale styresmakter i dei tilfella der regelverket, systemet og kapasiteten landet har for handtering og rapportering av mottekne midlar, er tilstrekkeleg solide til å sikre god forvaltning, og det er openheit om korleis pengane blir brukte. I dei tilfella styresmaktene i eit land blir vurderte å kunne sikre god forvaltning, vil styresmaktene kunne rapportere på utbetalingane basert på den finansforvaltninga og den budsjett- og rekneskapsrapporteringa landet har. Kriteria for når denne modellen kan nyttast, er fastsett i ordningsregelverk for tilskotsposten. Regelverket skal mellom anna stille krav til at alle økonomiske misleghald blir følgde opp og sanksjonerte.

Rapport 2022

Meir informasjon om innsatsen under Klima- og skoginitiativet finst på www.nicfi.no. Måla til Klima- og skoginitiativet er at redusert og reversert tap av tropisk skog medverkar til eit meir stabilt klima, meir bevart naturmangfald og meir berekraftig utvikling. Under hovudmålet er det to delmål: (i) berekraftig arealforvaltning av tropisk skog i utviklingsland og (ii) redusert press på skogen frå globale marknader. Klima- og skoginitiativet utvikla i 2019 eit strategisk rammeverk for innsatsen som viser samanhengen mellom desse måla og set resultatmål som styrer innsatsen til initiativet, sjå figur 7.1.

Figur 7.1 Det strategiske rammeverket til Klima- og skoginitiativet

Figur 7.1 Det strategiske rammeverket til Klima- og skoginitiativet

I 2022 har Klima- og miljødepartementet gjennomgått dei første 15 åra med erfaringar frå innsatsen til Klima- og skoginitiativet og resultata av han. Rapporteringa i dette avsnittet gjer greie både for erfaringar frå innsatsen sidan starten i 2008 og rapporterer på budsjettløyvinga i 2022.

Rapporten for Klima- og skoginitiativet for 2022 er strukturert etter rammeverket:

  • Rapportdel 1: Resultat opp mot det overordna målet om redusert og reversert tap av tropisk skog

  • Rapportdel 2: Gjennomgang av resultat i land der initiativet har eit bilateralt samarbeid om redusert avskoging

  • Rapportdel 3: Rapportering på resultat i samsvar med resultatmåla, det nedste nivået i det strategiske rammeverket

  • Rapportdel 4: Tverrgåande innsats på tvers av resultatmåla i det strategiske rammeverket

Rapportdel 1: Overordna mål om redusert og reversert tap av skog

Regnskogen bind opp eit stort volum karbon, som er avgjerande for å nå måla i Parisavtalen. I tillegg held 80 pst. av alle landbaserte artar til i skogen. Skogen gjev også reint vatn til millionar av menneske, stabiliserer nedbør, gjev god jordhelse, frisk luft og biologisk mangfald.

Trass i ei aukande erkjenning av rolla skogen speler, syner dei uavhengige analysane Global Forest Watch har gjort av satellittdata, at utviklinga går i feil retning. Tropisk avskoging held fram med å vere på eit høgt nivå. Verda mista 10 pst. meir tropisk naturskog i 2022 enn i 2021. Ein stor del av dette kjem av auken av avskoging i Brasil under Bolsonaro-regjeringa. Samla sett mista verda 4,1 mill. ha naturskog i 2022, noko som gav 2,7 gigatonn CO2-utslepp. Naturskog er den skogtypen som har høgast biologisk mangfald og dei største karbonlagera.

Også FNs mat- og jordbruksorganisasjon, FAO, viser at avskoginga held fram. I den femårige rapporten Forest Resource Assessment 2020 blir det slått fast at verda mista 10 mill. ha skog kvart år mellom 2015 og 2020. Det er særleg verdt å merke seg at det etter sterk auke dei siste åra no er Afrika som er verdsdelen med høgast netto avskoging. Ei aukande befolkning og fattigdomsdrive småskalajordbruk fører til meir intensiv bruk av skogen og ekspansjon inn i tidlegare urørt naturskog.

Det er stort samanfall mellom drivarar bak tropisk avskoging og tap av biomangfald: ekspansjon av jordbruksverksemd, illegal verksemd og ineffektiv arealbruk. Hausten 2022 fekk verda ein ny naturavtale, under det 15. partsmøtet for FNs konvensjon for biologisk mangfald. Naturavtalen har globale mål på område som vil gje direkte bidrag til skogsatsinga, inkludert mål om vern (30 pst. innan 2030), restaurering av område som har blitt ringare, berekraftig arealpolitikk, støtte til urfolksrettar og mobilisering av finansiering til natur og utfasing av subsidiar som er skadelege for biologisk mangfald. Den nasjonale oppfølginga til landa av naturavtalen vil difor heilt konkret bidra til redusert avskoging og skog som har blitt ringare.

Gjennom dei første 15 åra har Klima- og skoginitiativet betalt 11 mrd. kroner for til saman meir enn 300 mill. tonn utsleppsreduksjonar i Brasil, Indonesia, Gabon, Guyana, Colombia og Ecuador. Det gjev utsleppsreduksjonar tilsvarande meir enn seks års utslepp frå Noreg, til ein gjennomsnittleg pris på under 35 kroner per tonn. Noreg har berre betalt for ein brøkdel av dei samla utsleppsreduksjonane landa har oppnådd i perioden, som er på over 4 mrd. tonn CO2-ekvivalentar. Den største delen er frå brasiliansk Amazonas i åra 2007–2017 og Indonesia åra 2015–2022. Reduksjonen i Brasil alene utgjer meir enn 70 gonger årlege norske utslepp.

Rapportdel 2: Rapportering på resultatmålnivå

Klima- og skoginitiativet har definert åtte resultatmål som bestemmer innsatsområda for initiativet, sjå figur 7.1. Bakgrunn og utfyllande informasjon om dei enkelte resultatmåla er å finne på www.nicfi.no.

Styrkte rettar og betre levekår for urfolk og lokalsamfunn

Sidan 2008 har Klima- og skoginitiativet truleg vore ein av dei største gjevarane og støttespelarane i verda for urfolk i tropiske skogland. Frå å vere sett på som ein skadelidande interessent sest urfolk no som ein sentral del av løysinga på klima- og naturkrisene. Urfolk har blitt part i klima- og naturforhandlingane og teke del i utviklinga av sterke sikringsmekanismar i dei internasjonale finansieringsstrukturane. Urfolk har fått tilgang til klimafinansiering, også gjennom REDD+.

Gjennom dei bilaterale samarbeida har Klima- og skoginitiativet mellom anna støtta etablering og drift av om lag 100 urfolksområde i Brasil på eit areal tilsvarande to gonger Tyskland (finansiert med midlar frå Amazonasfondet), Colombias innsats for å etablere eigne urfolkskommunar og Perus innsats for å gje urfolk formelle landrettar til over 20 000 km2 og å beskytte område med isolerte og ukontakta urfolk. Ecuador kanaliserer mesteparten av REDD-betalingane frå Noreg og Tyskland til urfolk og lokalsamfunn, og Indonesia kartlegg og anerkjenner dei tradisjonelle leveområda til urfolk som ein del av skoginnsatsen. I Brasil forvaltar ambassaden eit eige urfolksprogram som støttar Brasils urfolksorganisasjonar. Dette programmet vart atskilleg oppskalert dei siste åra medan Amazonas-fondet vart frose.

Klima- og skoginitiativet har òg støtta etableringa av Tenure Facility, eit internasjonalt instrument for å sikre landrettar til urfolk og lokalsamfunn og forbetra arealforvaltning. Instrumentet har bidrege til å sikre landrettane til urfolk til 190 000 km2 og har mål om å auke dette talet til 500 000 km2 innan 2025.

I 2022 har Noreg støtta ei rekkje frivillige organisasjonar som arbeider i fleire land og globalt med urfolksspørsmål, gjennom Norads tilskotsordning for sivilsamfunn. Urfolksrettar er eit prioritert område i sivilsamfunnsporteføljen til Klima- og skoginitiativet, som er forvalta av Norad.

Gjennom 2022 fekk private selskap som investerer i karbonmarknader med høgare sosiale og miljømessige standardar, aukande merksemd om styrking av rettane til urfolk og lokalsamfunn. Vurderinga er at styrkte rettar er med på å tryggje investeringane og auke sjansane for at jurisdiksjonane dei investerer i, lykkast med å redusere utslepp.

I 2022 vart det utbetalt til saman 137 mill. kroner til styrkte rettar og betre levekår for urfolk og lokalsamfunn. 125 mill. kroner av desse vart utbetalt til sivilsamfunnsorganisasjonar gjennom avtalar forvalta av Norad. Midlane omtalast òg under rapportering om landpartnerskapa.

Effektive internasjonale insentivstrukturar

Då Klima- og skoginitiativet vart etablert, var det eit hovudmål at betaling for reduserte utslepp frå skog (REDD+) skulle omfattast av ein ny internasjonal klimaavtale. Da Paris-avtalen vart inngått på FNs klimakonferanse i Paris i 2015, vart det første hovudmålet til Klima- og skoginitiativet frå 2008 nådd. I Parisavtalen er REDD+ eit viktig instrument. Det er likevel eit stort gap i finansieringa av dette instrumentet.

Å etablere ein effektiv finansiell insentivstruktur for innsatsen til skoglanda har vore eit mål for Klima- og skoginitiativet sidan starten. Initiativet har i lang tid jobba mot eit multilateralt finansieringssystem gjennom FN-organisasjonar og fond i Verdsbanken, med mål om å auke offentleg finansiering frå fleire donorland. I perioden 2008 til 2018 støtta Noreg Verdsbanken sitt fond under Forest Carbon Partnership Facility (FCPF) som hjelper land med å bli klare for REDD+ (Readiness-fondet), med til saman 787 mill. kroner. FCPF-fondet for resultatbaserte utbetalingar (Karbonfondet) tok imot 2 mrd. kroner frå Noreg i perioden 2009–2019. Noreg var den nest største gjevaren til Karbonfondet etter Tyskland, som bidrog med 321 mill. USD i same perioden. I 2022 vart FCPF sitt Readiness-fond formelt avslutta. Av dei 25 landa som har fått støtte under fondet, har 15 signert kjøpskontrakter med Karbonfondet om sal av nesten 145 mill. tonn CO2-ekvivalentar over dei neste tre åra. Kontraktane har ein samla verdi på over 720 mill. US dollar. Innan utgangen av 2022 hadde Karbonfondet utført to resultatbaserte utbetalingar til Mosambik og Costa Rica, på 6,4 mill. US dollar for 1,28 mill. tonn utsleppsreduksjonar og 16,4 mill. US dollar for 3,28 mill. tonn utsleppsreduksjonar. I tillegg vart det gjort vedtak om å gjere ei førehandsbetaling til Indonesia på 20,9 mill. US dollar, som utgjer om lag 13,5 pst. av verdien på det totale volumet utsleppsreduksjonar i avtalen mellom Indonesia og FCPF for perioden 2019–2020.

Det vart tidleg klart at offentleg finansiering ikkje ville utgjere eit tilstrekkeleg insentiv for skoglanda. Karbonmarknader frå EU, USA eller mellom land under klimakonvensjonen har så langt ikkje skapt etterspurnad etter REDD+. I 2017 var Noreg med på å støtte etablering av ein frivillig standard (Architecture for REDD+ Transactions – ART-TREES) for standardisering og tredjepartsvurdering av skogkredittar med høg miljømessig og sosial integritet. Dette var noko marknaden spurde etter. For å etablere ein effektiv marknad vart LEAF-koalisjonen lansert i 2021. Koalisjonen samlar offentlege og private kjøparar og har sidan lanseringa mobilisert 1,5 mrd. US dollar i finansiering for kjøp av ART-kredittar. Ved utgangen av 2022 hadde ni skogjurisdiksjonar inngått intensjonsavtalar med LEAF.

I løpet av 2022 har seks nye land og delstatar sendt inn konseptnotat til ART, som er det første steget for å kunne registrere seg som leverandørar av utsleppsreduksjonar i tråd med ART/TREES-standarden. I desember 2022 vart Guyana det første landet som fekk utferda kredittar under ART. Utferdinga omfatta 33,47 mill. kredittar produserte i perioden 2016 til 2020, og Guyana inngjekk kontrakt om sal til selskapet Hess til ein verdi av 750 mill. dollar.

Med norsk støtte vart UN REDD etablert i 2009. Programmet er eit samarbeid mellom FAO, UNDP og UNEP og støttar skogland i arbeidet deira for skogbevaring, inkludert oppsett for å kunne ta imot resultatbetalingar gjennom internasjonal finansiering. I 2022 har UN-REDD hjelpt ei rekkje land, og i aukande grad jurisdiksjonar innan landa, med å møte ART/TREES-standarden, utarbeide søknader til LEAF-koalisjonen og samstundes rette seg etter krav og føringar i Parisavtalen og FNs klimakonvensjon om auka transparens.

Til saman vart det utbetalt 44,6 mill. kroner til tiltak for effektive internasjonale insentivstrukturar for REDD+ i 2022.

Auka transparens

Tilgang til informasjon om kvar og når avskoging skjer, kvifor ho skjer, og kven som står attom, er ein føresetnad for at Klima- og skoginitiativet skal nå måla sine. Slik informasjon er nødvendig både for at skogland skal kunne måle og redusere avskoginga si, og for at private selskap skal kunne vurdere avskogingsrisikoen i produksjonen sin.

Da Klima- og skoginitiativet vart oppretta, var få land i stand til å måle avskoging. Klima- og skoginitiativet har støtta samarbeidslanda i å utvikle nasjonale målesystem. Dette har gjort dei i stand til å respondere på avskoging som skjer, og ved å kunne rapportere tal med høgt truverd har mange fått tilgang til internasjonal REDD-finansiering. Det er framleis behov for støtte til å byggje opp kapasitet til å overvake skogen og til å gjennomføre politikken som må til for å stanse avskoginga.

Med støtte frå Noreg har det blitt utvikla globale, opne plattformar for skoginformasjon. Sidan 2020 har verda hatt gratis tilgang til høgoppløyselege satellittbilete over heile det tropiske skogbeltet, da Klima- og skoginitiativet inngjekk ei avtale med Kongsberg Satellite Services og underleverandørane Planet og Airbus om eit omfattande satellittprogram som gjev gratis tilgang til satellittbilete med høg oppløysing over all tropisk skog kvar månad. Global Forest Watch er ei anna plattform som har fått støtte frå initiativet. Desse gjev viktig supplerande informasjon til nasjonale tal og viser årlege trendar for avskoging. Global Forest Watch har òg vore ein sentral kanal for å gjere satellittbileta tilgjengelege for allmenta. Trafikken på nettsidene deira auka etter at dei høgoppløyselege bileta vart tekne i bruk. Styresmakter, sivilt samfunn, urfolk, media og næringsliv bruker tilgjengelege data over skogen til å overvake avskoginga og verdikjeder, som gjer det mogleg å stille aktørar til ansvar.

I slutten av november 2022 var det til saman meir enn 15 600 registrerte brukarar av satellittprogrammet frå 158 ulike land. Bileta har også vore tilgjengelege via fire offentlege dataplattformer, som Google Earth Engine og Global Forest Watch, som når ut til ein brei og variert masse. Det reelle talet på brukarar av dataa er difor mykje høgare enn dei registrerte brukarane.

I tillegg til data om skogen har Klima- og skoginitiativet medverka til å gjere data om handel med råvare som driv avskoging, offentleg tilgjengelege. TRASE gjev informasjon om 70 pst. av global handel med dei råvarene som er mest knytte til avskoging i verda, det vil seie storfekjøtt, soya, palmeolje, kakao, kaffi og tremasse.

I 2022 inngjekk TRASE nye samarbeidsavtalar med mellom anna Europaparlamentet og belgiske og tyske styresmakter. Data frå TRASE blir mellom anna brukte i samband med utvikling og gjennomføring av reguleringar knytte til import av jordbruksvarer for å motverke avskoging.

I 2022 vart det utbetalt til saman 156 mill. kroner på området auka transparens.

Råvaremarknader stimulerer til avskogingsfri produksjon

Utan at presset på skogen frå marknadene blir redusert, vil det vere vanskeleg for skoglanda å nå mål om å stanse avskoginga. For å endre marknaden må selskap endre åtferda, og styresmaktene må vedta og handheve lover som vernar skogen. I 2014 vart New York Declaration on Forests lansert, med Klima- og skoginitiativet som ein av initiativtakarane. Her vart ei rekkje styresmakter, organisasjonar og selskap samde om å få til avskogingsfrie råvaremarknader innan 2020. I 2022 er målet framleis langt unna.

I løpet av dei siste ti åra har Klima- og skoginitiativet støtta kampanjar frå sivilsamfunnsorganisasjonar som har pressa leiande selskap til å setje mål om null avskoging. Innan palmeoljesektoren har dette medverka til at 95 pst. av marknaden i løpet av kort tid tok på seg slike forpliktingar. Ein stor del av palmeoljen blir produsert i Indonesia. Takka vere innsatsen til indonesiske styresmakter, og også samarbeid med palmeoljeindustrien, er avskoginga frå palmeolje i dag nær null.

Samarbeid med næringslivsorganisasjonar har vore sentralt for å nå målet om å påverke råvaremarknadene. Klima- og skoginitiativet oppretta i 2017 fondet &Green, som avlastar risiko i selskapsinvesteringar for omstilling. Frå 2017 til 2021 betalte initiativet til saman 800 mill. kroner til fondet. Fondet har mellom anna investert i omstilling i Marfrig, det nest største kjøttselskapet i verda, og i fleire indonesiske palmeoljeselskap. Ved utgangen av 2022 hadde &Green ein utlånsportefølje på totalt 130 mill. US dollar, fordelt på sju prosjekt i fire land. Fondet hadde da medverka til å beskytte 1,4 mill. ha skog, intensivere produksjonen på 200 000 ha jordbruksland og å betre levevilkåra til nær 30 000 småbønder.

Klima- og skoginitiativet har òg støtta etableringa av det globale initiativet Tropical Forest Alliance (TFA). TFA støttar selskap som har lovd å fjerne tropisk avskoging i eigne forsyningskjeder knytte til viktige globale råvarer, mellom anna soya og kjøtt. I 2022 støtta Klima- og skoginitiativet arbeidet til TFA med å styrkje ambisjonane hos globale matvareselskap om avskogingsfrie forsyningskjeder. Under klimatoppmøtet i Sharm el-Sheikh la 14 av dei største råvareprodusentane og -forhandlarane i verda fram eit vegkart der dei forpliktar seg til å redusere avskoging og klimagassutslepp frå forsyningskjedene sine i tråd med 1,5-gradarsmålet i Parisavtalen. Dersom selskapa følgjer opp lovnadene på ein truverdig måte, kan dei bidra til å styrkje skogbevaring i viktige produsentland som Brasil og Indonesia.

Eit tredje døme er støtta til The Sustainable Trade Initiative (IDH). Desse arbeider mellom anna for å fremje samarbeid mellom styresmakter, lokalt busette og privat sektor for utvikling av avskogingsfritt jordbruk. I 2022 lanserte IDH programmet Berekraftig produksjon av kveg i Brasil, med støtte frå den nasjonale jordbruksorganisasjonen (CNA) og den internasjonale matkjeda Carrefour. Programmet gjer at ein kan spore kveg, frå fødsel og heilt til ferdig produkt i butikkhyllene.

I 2022 vart det utbetalt i underkant av 198 mill. kroner til området avskogingsfrie råvaremarknader. 104, 3 mill. kroner av desse vart utbetalt frå Norad til sivilsamfunnsorganisasjoner. Midlane omtalast òg under rapportering om landpartnerskapa.

Finansmarknader stimulerer til avskogingsfri produksjon

Arbeidet for å påverke finansmarknadene er det yngste strategiske området til Klima- og skoginitiativet. Ved at investorar og bankar i større grad inkorporerer risiko for avskoging i rammeverk og avgjerder, vil denne innsatsen òg styrkje arbeidet for avskogingsfrie verdikjeder.

Auka transparens om skogdata og verdikjeder er ein viktig føresetnad for å påverke finansmarknadane, sjå omtale av dette området over. Dei siste åra har Klima- og skoginitiativet støtta arbeid for å auke medvitet hos finansinstitusjonar om den materielle risikoen deira og ansvaret deira for avskoging. Mellom anna har initiativet støtta utvikling av internasjonale rapporteringsstandardar, slik at finansinstitusjonar kan setje mål og rapportere på klimarisiko i mat- og jordbrukssektoren. I 2022 utvida initiativet tilnærminga til også omfatte naturrisiko, gjennom støtte til Task Force for Nature-related Financial Disclosure (TNFD) og Science-based Target Network (SBTN).

Klima- og skoginitiativet har tidlegare vore med på å få 30 leiande finansinstitusjonar som forvaltar til saman om lag 9 000 mrd. US dollar, til å setje mål om å bli avskogingsfrie innan 2025. I 2022 vidareførte initiativet samarbeidet med bransjeaktørar og sivilsamfunnspartnarar om å løfte rolla finanssektoren har i å redusere avskoging frå råvareproduksjon. 23 finansinstitusjonar offentleggjorde i 2022 nye forpliktingar om null avskoging, og meir enn 121 mill. US dollar vart investerte i innovative jordbruksverksemder. Investorane hadde vidare i 2022 ei rekkje møte med styresmakter i Indonesia og Brasil.

Sivilsamfunnsorganisasjonen CERES si investorgruppe om klima og regnskog auka i 2022 til 80 investorar med ein samla forvaltningskapital på 28 mrd. US dollar. Regnskogsfondet vart i 2022 sekretariat for eit nytt investorsamarbeid med mål om å få bilindustrien til å bli avskogingsfri.

I 2022 vart det utbetalt til saman 5 mill. kroner på området avskogingsfrie finansmarknader.

Redusert skogkriminalitet

Skogkriminalitet er ei hovudårsak til avskoging i dei fleste av partnarlanda til Klima- og skoginitiativet og har vore ein sentral del av strategien til initiativet frå starten. Innsatsen mot skogkriminalitet heng tett saman med innsatsen for auka transparens, sjå omtale over.

Brasil har brukt delar av midlane dei har fått som betaling for utsleppsreduksjonar frå Noreg i perioden 2008–2018, til å finansiere miljøpolitiet Ibama. Ibama har sikra handheving av lova i Amazonas og medverka til å hindre ulovleg avskoging. I Indonesia har Klima- og skoginitiativet støtta den nasjonale innsatsen til miljødepartementet mot skogkriminalitet og arbeidet deira med å gå igjennom ulovlege lisensar. I Peru har initiativet støtta eit system for å spore tømmer og i Colombia arbeidet til påtalemakta mot organisert kriminalitet.

Som eit bidrag til innsatsen mot internasjonal miljøkriminalitet har Klima- og skoginitiativet støtta utviklinga av Nature Crime Alliance, ein internasjonal allianse som mellom anna skal styrkje arbeidet mot skogkriminalitet, ulovleg gruveverksemd og ulovleg handel med dyr og plantar. I 2022 fekk Noreg det amerikanske utanriksdepartementet med som initiativtakar til The Nature Crime Alliance. Eit sekretariat er etablert, og ei rekkje møte er gjennomført for å sikre oppslutning rundt initiativet, inkluderte eit høgnivåmøte i samband med FNs generalforsamling i september 2022.

Sidan 2018 har Klima- og skoginitiativet støtta programmet Law Enforcement Assistance Programme to Reduce Tropical Deforestation (LEAP), eit samarbeid mellom Interpol og UNODC for å støtte politi, påtalemakter og tollstyresmakter hos skogland i arbeidet med å redusere skogkriminalitet. Programmet har gjennomført ein rekke aksjonar, mellom anna med store beslag av ulovleg tømmer. Klima- og skoginitiativet har også støtta sivilsamfunnsorganisasjonar som har dokumentert og rapportert om ulovleg hogst, korrupsjon i skogsektoren, og som har eksponert internasjonale handelsnettverk med ulovleg tømmer. Gjennom eit fond i den uavhengige organisasjonen Pulitzer Center har initiativet gjeve støtte til undersøkjande journalistikk i Amazonas, Kongobassenget og Søraust-Asia. Avdekking av saker om korrupsjon og annan kriminalitet i skogsektoren legg mellom anna press på at styresmaktene skal handheve lova.

I 2022 gjennomførte LEAP fleire etterforskingar og operasjonar som førte til beslag, arrestasjonar og rettsforfølging av selskap og personar som var involverte i ulovleg hogstverksemd. Mellom anna bidrog LEAP til gjennomføringa av Operation ARCADIA APAC, Operation Thunder og Operation Madre Tierra IV, med deltaking frå lovhandhevande styresmakter i meir enn 100 land. Resultata frå operasjonane inkluderte mellom anna beslag av fleire tusen kubikkmeter tømmer og identifisering av transnasjonale og nasjonale saker om skogkriminalitet som dei relevante styresmaktene etterforskar vidare.

I kampen mot ulovleg hogst i Kongobassenget har Klima- og skoginitiativet over tid støtta utviklinga av World Resources Institutes Open Timber Portal (OTP). OTP viser oppdaterte digitale kart over konsesjonar, og tømmerprodusentane må leggje inn dokumentasjon på berekraftig, lovmessig bruk av skogen i portalen. Etterleving blir verifisert av WRI i samarbeid med lokale, uavhengige skogvaktarar. I 2022 dekte OTP-plattforma seks land i Kongobassenget og hadde over 24 000 registrerte brukarar.

I 2022 vart det utbetalt om lag 102 mill. kroner til innsats for redusert skogkriminalitet. I underkant av 61 mill. kroner av desse vart utbetalt til sivilsamfunnsorganisasjonar gjennom avtalar forvalta av Norad. Midlane omtalast òg under rapportering om landpartnerskapa.

Tverrgåande innsats: Global oppslutning om skogbevaring

Gjennom dei siste 15 åra har betydninga som regnskogane i verda har for klima og natur, blitt forstått og anerkjend. Mellom anna syner dei globale rapportane frå FNs klimapanel at verda ikkje kan nå målet om å avgrense oppvarming av jorda til 1,5 eller 2 gradar celsius utan at avskoginga av regnskogane i verda blir stansa. Regnskogane er også avgjerande for å bevare naturmangfaldet i verda. Klima- og skoginitiativet arbeider med å spreie kunnskap om regnskogen og kor viktig han er, til befolkning, styresmakter i regnskogsland og donorland og til næringsliv.

Frå starten har Klima- og skoginitiativet lagt vekt på å få med andre donorland i innsatsen. Dei første åra var Noreg den største gjevaren til reduserte utslepp frå tropisk skog (REDD+) i verda, men dette har endra seg dei seinaste åra. Både Tyskland og Storbritannia er no større enkeltdonorar enn Noreg. På FNs klimakonferanse i Glasgow i 2021 slutta 145 land seg til ei erklæring om å stanse skogtap innan 2030, og det vart lovd til saman om lag 20 mrd. US dollar i offentleg og privat finansiering til skog. Dette inkluderte eigne lovnader om å støtte skogforvaltninga til urfolk og lokalsamfunn og til å styrkje finansieringa til skogbevaring i Sentral-Afrika. For å nå måla i Glasgow-erklæringa gjekk dei 26 mest ambisiøse landa og EU saman for å danne Forest and Climate Leaders’ Partnership i 2022. Det er framleis eit stort finansieringsgap for at utviklingslanda skal nå dei nasjonale måla sine om å bevare skog for å oppfylle forpliktingane sine etter Parisavtalen. Partnarskapen skal mellom anna bidra til auka finansiering frå offentlege og private kjelder og til å halde høg den politisk merksemda om skog som ei viktig løysing på både klima- og naturkrisa. Noreg har støtta sekretariatet til partnarskapen.

Klima- og skoginitiativet jobbar saman med ei rekkje ulike aktørar for å nå måla og har gjennom perioden breidd ut nettverket. Næringslivet er ein sentral sektor og har dei seinaste åra i aukande grad vist interesse for å redusere avskoginga. New York Declaration on Forests frå 2014, nemnd under omtalen av avskogingsfrie forsyningskjeder, var ein milestolpe.

Saman med ei rekkje filantropiske stiftelsar har initiativet støtta Climate and Land Use Alliance (CLUA) sidan 2019. CLUA støttar mellom anna ei rekkje små organisasjonar i samarbeidslanda innanfor område som medverkar til å nå måla til Klima- og skoginitiativet, særleg innanfor berekraftig arealbruk. I 2022 har CLUA arbeidd med berekraftig arealforvaltning i Brasil, Colombia og Peru og med rettane til urfolk og lokalsamfunn, inkludert landrettar. Dette arbeidet utfyller arbeidet til Klima- og skoginitiativet på urfolksområdet.

Klima- og skoginitiativet søkjer også å nå ut til religiøse leiarar og trussamfunn, gjennom Interfaith Rainforest Initiative (IRI). IRI mobiliserer trussamfunn, religiøse institusjonar og religiøse leiarar i kampen for vern av tropisk skog i Indonesia, DR Kongo, Peru, Colombia og Brasil. I 2022 har IRI halde fram med å spreie kunnskap om klima, naturmangfald og berekraftig utvikling i dei fem partnarlanda, vekkje grasrotengasjement og formidla forskingsbasert kunnskap om kor viktig tropisk skog er for å nå berekraftsmåla og oppfylle Parisavtalen.

I 2022 vart det utbetalt til saman 260 mill. kroner til innsats for auka global oppslutning om skogbevaring. 105 mill. kroner av desse vart utbetalt til sivilsamfunnsorganisasjonar gjennom avtalar forvalta av Norad.

Rapportdel 3: Innsats i Klima- og skoginitiativets partnarland

Dei bilaterale partnarskapane utgjer den viktigaste delen av porteføljen til Klima- og skoginitiativet, både strategisk og politisk. I fleire av dei bilaterale partnarskapane samarbeider Noreg tett med andre store gjevarar som Tyskland, Storbritannia og USA. Bakgrunn og utfyllande informasjon om dei enkelte landsamarbeida er å finne på www.nicfi.no.

Indonesia

Indonesia har hatt ein vedvarande og stor nedgang i avskoging sidan 2015. Frå det høgaste nivået på 1,22 mill. hektar i 2014–2015 gjekk avskoginga ned til 119 400 hektar i 2021–2022, ifølgje dei seinaste offisielle skogtala.

Det bilaterale samarbeidet mellom Noreg og Indonesia vart innleidd i 2010 gjennom ein intensjonsavtale. Avtalen var delt i tre fasar: ein innleiande fase for strategiutvikling og kapasitetsbygging, ein mellomfase med strategiske investeringar i skog- og arealsektoren og ein tredje fase med betaling for verifiserte utsleppsreduksjonar.

Gjennom politiske reformer har over 650 000 km2 intakt skog i Indonesia blitt varig verna. Eit nasjonalt program for kartlegging, beskyttelse og rehabilitering av 250 000 km2 tropisk myr vart lansert etter katastrofale brannar i 2015, og eit treårig moratorium på nye produksjonslisensar for palmeolje vart innført i 2018. Ei stor mengd eksisterande konsesjonar har blitt trekt tilbake etter lovlegheitskontroll, og ei eiga avdeling for skogkriminalitet og lovhandheving i Miljø- og skogdepartementet har medverka til å avdekkje og domfelle eit stort tal på tilfelle av ulovleg avskoging. Regjeringa gjennomfører også eit omfattande nasjonalt program for redistribuering av landområde. Dette programmet bidreg til å styrkje oppslutninga om reformene gjennom styrkt lokal skogforvaltning og avskogingsfri næringsutvikling. Sjølv om det først og fremst er politisk vilje som har ført til resultata, har Noreg vore ein viktig støttespelar til reformagendaen.

12. september 2022 inngjekk Noreg og Indonesia eit nytt regnskogsamarbeid. Gjennom betaling for oppnådde utsleppsreduksjonar vil Noreg støtte den nasjonale planen til landet for reduserte utslepp og auka opptak av klimagassar frå skog og torvmyr, FOLU Net Sink 2030. I 2022 betalte Noreg 591 mill. kroner inn til Indonesias miljøfond for 112 mill. tonn utsleppsreduksjonar i åra 2016–2017. I løpet av året sende Indonesia både inn eit oppdatert referansenivå for skog til FNs klimakonvensjon og oppdaterte det nasjonalt fastsette bidraget sitt (NDC) til FNs klimakonvensjon.

I 2022 bidrog Noreg til styrking av Indonesias nasjonale kapasitet til å motverke skogkriminalitet gjennom støtte til den indonesiske paraplyorganisasjonen Wahana Lingkungan Hidup (WALHI – Friends of the Earth Indonesia). WALHI tilbyr trening for advokatar og miljøforkjemparar som rettsforfølgjer konsesjonering i strid med miljølovgjevinga i landet.

Noreg heldt i 2022 også fram med å støtte fleire tiltak som fremjar avskogingsfrie landbruksprodukt og redusert avskogingsrisiko ved palmeoljeproduksjon: Abler Nordic og Norfund arbeidde med å gje småbønder i provinsen Aust-Kalimantan tilgang til mikrofinans, fondet &Green heldt fram med å investere i selskap som legg om til berekraftig drift, og samarbeidet med Indonesia og selskap i palmeoljesektoren om avskogingsfrie verdikjeder heldt fram via organisasjonane Tropical Forest Alliance og IDH Sustainable Trade Initiative.

Arbeidet med landrettane til urfolk heldt òg fram i 2022, og dei sju første urfolksterritoria inne i statsskogane i Papua-provinsane vart anerkjende av Miljø- og skogdepartementet.

Det vart utbetalt totalt 723 mill. kroner frå Noreg til innsatsen i Indonesia i 2022. Av dette var i underkant av 60 mill. kroner betalte til sivilsamfunnsorganisasjonar gjennom avtalar forvalta av Norad.

Brasil

Dei førebelse avskogingstala6 (PRODES) for skogåret august 2021 til juli 2022 viser ein nedgang på 11,3 pst. frå førre skogår, til 1,15 mill. hektar. Reduksjonen er positiv, men tala er framleis blant dei høgaste som er målte sidan 2008.

Klima- og skogsamarbeidet med Brasil som vart inngått i 2008, var Noregs første under Klima- og skogsatsinga og har vore ein modell for fleire andre bilaterale samarbeid. Brasils strategi frå 2004 om å redusere avskoginga verka med det same og gav kraftig reduksjon i avskoginga åra rett etter. Under samarbeidsperioden 2008–2018 reduserte Brasil utsleppa frå avskoging med meir enn 4,3 mrd. tonn CO2. Noreg betalte for 242 mill. tonn av desse.

Den resultatbaserte modellen til Amazonasfondet har vore banebrytande. Noreg betaler via fondet for at Brasil når måla sine i heile Amazonas. Betalingane går til å samfinansiere gjennomføringa av Brasils eigen skogstrategi. Pengane har dermed ein dobbel effekt, ein betaler for redusert avskoging og finansierer ytterlegare tiltak mot avskoging.

Klima- og skoginitiativet har gjeve atskilleg med støtte til tiltak i Brasil utover Amazonasfondet, særleg gjennom dei globale tverrgåande strategiane til initiativet, sjå omtale i rapportdel 2. Urfolksprogrammet som tidlegare var finansiert av Utanriksdepartementet, har blitt kraftig oppskalert etter at Amazonasfondet vart frose i 2019. Brasil er viktigaste satsingsland for arbeidet med avskogingsfrie forsyningskjeder, der Klima- og skoginitiativet har støtta betydeleg tilrettelegging for berekraftige investeringar, direkte investeringar i avskogingsfri soya- og kvegindustri gjennom risikoavlastingsfondet &Green og sporingsverktøy på kveg for å oppnå avskogingsfrie forsyningskjeder. Klima- og skoginitiativet har støtta transparensverktøyet Mapbiomas, som under Lula-regjeringa truleg vil brukast til å utferde automatiske bøter / kredittfrys til aktørar som bryt skoglova. I tillegg har Klima- og skoginitiativet støtta arbeidet til delstatane med REDD+, som bidreg til nasjonal strategi mot avskoging og mogleg sal av skogkredittar gjennom LEAF-koalisjonen.

Noregs urfolksprogram har i 2022 halde fram med å støtte berekraftig utvikling av urfolksområde i Amazonas og implementering av Brasils lovgjeving knytt til urfolksrettar. Til dømes gav Advokatnettverket for urfolk i 2022 vesentleg juridisk bistand til urfolksorganisasjonar, og fem regionale urfolksorganisasjonar fekk direkte støtte til å implementere berekraftige utviklingsplanar og arbeid med å styrkje urfolksrettar.

Fleire initiativ som legg vekt på privat-offentleg samarbeid, meir openheit og auka lovhandheving, vart førte vidare i 2022. I delstaten Mato Grosso signerte det norskfinansierte &Green Fund, som investerer i berekraftige forsyningskjeder, ein låneavtale med selskapet FS Agrisolutions for å etablere avskogingsfri produksjon av mais til bruk i biodrivstoff. Sivilsamfunnsorganisasjonane Amigos da Terra og IPAM bidrog i 2022 til auka transparens ved å gjere data om status for handheving av skoglova tilgjengelege gjennom opne digitale plattformer. Tenkjetanken Igarape Institute fekk støtte til arbeidet sitt for å kartleggje og synleggjere miljøkriminalitet og publiserte i 2022 mellom anna ein omfattande analyse av miljøkriminalitet i Amazonas basert på data frå 369 politioperasjonar i åra 2016–2021.

Det vart utbetalt 258 mill. kroner frå Noreg til innsatsen i Brasil i 2022. Av dette var om lag 48 mill. kroner utbetalt til urfolksprogrammet og 64 mill. kroner til sivilsamfunnsorganisasjonar gjennom avtalar forvalta av Norad.

Guyana

Guyana har lykkast med å halde avskoginga svært låg sidan Noreg og Guyana inngjekk eit bilateralt klima- og skogsamarbeid i 2009. Under denne avtalen har Guyana levert sterke resultat. Noreg har oppfylt betalingsforpliktingane under avtalen ved utbetaling av 1,2 mrd. kroner for til saman 34,7 mill. tonn utsleppsreduksjonar. 300 mill. kroner er betalte for investeringar i reformer og tiltak mot avskoging.

Samarbeidet med Guyana viser kor viktig det er med internasjonal finansiering til land som har og bevarer eit allereie høgt skogdekke, i kontrast til land som har høg avskoging og deretter avgrensar han. Guyana er eit unikt døme for verda, der opptente skogpengar blir brukte på fornybar energi og klimatilpassing i tillegg til skogbevaring. I hovudtrekk har midlane Guyana har opptent, gått til prosjekt innan solenergi, flaumberedskap, jobbskaping, digitalisering og styrking av urfolksrettar. Samarbeidet med Guyana har dei siste åra primært omhandla oppfølging av prosjektporteføljen som blir finansiert av Guyanas resultatbetalingar, og dette vil halde fram med å vere i fokus for Noreg framover.

I 2022 lykkast Guyana med å mobilisere storskala privat finansiering frå karbonmarknaden, som var eitt av måla for partnarskapen med Noreg. Sidan 2013 har norske resultatbetalingar støtta etablering av eigedomsrettar for 23 urfolkssamfunn i Guyana, tilsvarande 6 pst. av arealet til landet. I 2022 fekk fem urfolkssamfunn anerkjent slike rettar til landområda sine. Norske skogpengar har i 2022 òg støtta oppdateringar av grunnkart i Guyana, mellom anna ved hjelp av teknologi for optisk fjernmåling (LIDAR). Desse karta vil betre grunnlaget for arealplanlegginga til landet og forvaltninga deira av naturressursar.

Det vart utbetalt 74 mill. kroner frå Noreg til innsatsen i Guyana i 2022. Av dette var 41 mill. kroner betalte til sivilsamfunnsorganisasjonar gjennom avtalar forvalta av Norad.

Colombia

Sidan klima- og skogsamarbeidet med Colombia starta i 2015, har landet oppnådd store utsleppsreduksjonar. Dei seinaste skogtala viser ein reduksjon i avskoging på heile 30 pst. i 2022 samanlikna med 2021. Med ei avskoging på 123 000 ha i 2022 er dette langt betre enn målet i felleserklæringa mellom Noreg og Colombia på 155 000 ha.

Sidan Noreg og Colombia inngjekk klima- og skogsamarbeidet i 2015, har Colombia oppnådd gode resultat, med utsleppsreduksjonar på over 60 mill. tonn CO2 frå redusert avskoging i perioden 2013–2016. Trass i svært viktige resultat har ikkje Colombia nådd alle måla, og det har teke lengre tid å redusere avskoginga enn ein trudde. Forseinkingane har særleg komme av tryggleiksutfordringar i ein postkonfliktfase, der tryggleikssituasjonen i fleire regionar har blitt betydeleg forverra i takt med at implementeringa av fredsavtalen har blitt svekt.

På basis av utsleppsreduksjonane oppnådde i perioden 2013–2016 og gjennomførte reformer har Noreg utbetalt 555 mill. kroner for verifiserte utsleppsreduksjoner frå skog. Under klimatoppmøtet i Sharm el-Sheikh i 2022 vart det lovd ytterlegare 150 mill. kroner frå Noreg, basert på oppnådde milestolpar i form av politiske reformer. Desse vart utbetalte rundt årsskiftet 2022–2023. Av konkrete tiltak har colombianske styresmakter innført ein nasjonal karbonskatt, vedteke miljøkrimlovgjeving med særskilde strafferammer for avskoging, iverksett eit dekret for stans i utvidinga av «landbruksgrensa», etablert eit nasjonalt råd og politikk for å kjempe mot avskoging og sikra utviding av nasjonalparkar og etablering av eigne urfolkskommunar i Amazonas. I tillegg har Colombia lansert ein eigen strategi for å stanse avskoginga i Amazonas, Amazonasvisjonen.

I 2022 lanserte Colombias regjering ein ambisiøs hasteplan for å stanse avskoginga i Amazonas, etter at det vart registrert ein dramatiske auke dei tre første månadene av året. I tillegg til å støtte gjennomføringa av hasteplanen gjennom Amazonasvisjonen har Noreg i 2022 støtta innsats mot miljøkriminalitet gjennom UNODC og Interpol. Samarbeidet førte mellom anna til gjennomføringa av fem politioperasjonar mot kriminelle nettverk som var involverte i ulovleg hogst, og arrestasjon av 29 mistenkte aktørar.

Noreg har i 2022 også støtta arbeidet til lokalsamfunn med berekraftig skogbruk og implementering av dekret 632 om etablering av urfolkskommunar via sivilsamfunnsorganisasjonen GAIA Amazonas.

Det vart utbetalt 214 mill. kroner frå Noreg til innsatsen i Colombia i 2022. Av dette var i underkant av 15 mill. kroner betalte til sivilsamfunnsorganisasjonar gjennom avtalar forvalta av Norad.

Ecuador

Historisk sett har avskoginga i Ecuador vore høg. Trass i auka avskoging andre stader i Amazonas har Ecuador lykkast med å redusere avskoginga dei seinaste ti åra. I perioden 2013–2017 var avskoginga gjennomsnittleg på 140 000 hektar per år. I 2019 låg ho på rundt 10 000 ha.

Etter opprettinga av FNs skogprogram, UN-REDD, i 2009 vart Ecuador leiande på utvikling av infrastruktur for å setje i verk REDD+ på nasjonalt nivå, inkludert skogmåling, prosedyrar for konsultasjonar og sosial inkludering. Noreg har ikkje nokon politisk avtale om skogsamarbeid med Ecuador, men inngjekk i 2014 ein tilskotsavtale saman med Tyskland om betaling av inntil 300 mill. kroner til Ecuador for verifiserte utsleppsreduksjonar. Mangelen på ei politisk plattform har ikkje vore til hinder for at det har gått for seg ein politisk dialog. Det har vore fleire samtalar med daverande miljøminister Manrique om samarbeidet.

I løpet av 2015–2019 oppnådde Ecuador samla 55,7 mill. tonn utsleppsreduksjonar frå skog. Noreg har betalt for 6,4 mill. av desse. I 2021 annonserte Noreg ein intensjon om å betale ytterlegare 200 mill. kroner for utsleppsreduksjonar oppnådde i 2020–2021 som kan verifiserast under ART/TREES-standarden.

70 pst. av dei resultatbaserte utbetalingane i samarbeidet går til å gjennomføre tiltak som direkte vedkjem og involverer lokalsamfunn og urfolk, inkludert Socio Bosque, eit program som tilbyr insentiv til lokale landeigarar og lokalsamfunn som unngår avskoging. Urfolk får jobb som skogvaktarar som rapporterer om ulovleg aktivitet. I programmet inngår styresmaktene kontraktar med private landeigarar og lokalsamfunn som sit på eigar- og bruksrettar til skogen. Desse har elles anledning til å drive lovleg avskoging. Dersom dei vel å avstå, vil styresmaktene gjennomføre årlege utbetalingar.

I 2022 gjennomførde Noreg ein utbetaling til Ecuador på om lag 130 mill. kroner, for verifiserte utsleppsreduksjonar som vart oppnådde i 2019. Alle midla under tilskotsavtala frå 2014 er dermed utbetala. Ecuador leverte i 2022 tredje samandrag om oppfølging av sosiale og miljømessige sikringsmekanismar til FNs klimakonvensjon. Samandraget dekkjer perioden 2019–2021. Saman med Colombia er Ecuador blant landa som har komme lengst i jamlege oppdateringar til FNs klimakonvensjon om arbeidet med sikringsmekanismar.

Det vart utbetalt 143 mill. kroner frå Noreg til Ecuador i 2022. Av dette var om lag 10 mill. kroner betalte til sivilsamfunnsorganisasjonar gjennom avtalar forvalta av Norad.

Peru

Etter fleire år med relativt stabil avskoging gjekk avskoginga i Peru markant opp i 2020. Dei nyaste avskogingstala viser deretter ein nedgang frå 2020 til 2021 på heile 33 pst., frå 203 272 hektar til 137 976 hektar. Endelege verifiserte avskogingstal for 2020 og 2021 er enda ikkje mottekne.

Klima- og skogssamarbeidet med Peru vart etablert i 2014, saman med Tyskland. I 2021 vart samarbeidet forlengd fram til 2025 og styrkt ved at også Storbritannia og USAID slutta seg til. Noreg har gitt lovnad om å støtte Peru med opptil 375 mill. kroner årleg som betaling for utsleppsreduksjonar som møter ART/TREES-standarden, og totalt opptil 185 mill. kroner for oppnådde milepålar i form av politiske tiltak og reformer.

Peru sette seg svært ambisiøse mål i 2014, med mål om netto null avskoging innen 2021. Å nå ambisjonane ville ha kravd ein sterk og vedvarande politisk vilje, styrkt institusjonell kapasitet nasjonalt og regionalt og betydeleg koordinering på tvers av departement. Det ville også ha kravd storskala finansiering langt utover bidraget frå gjevarane under det etablerte klima- og skogpartnarskapet.

Peru har ikkje oppnådd verifiserte utsleppsreduksjonar, men likevel levert ei rekkje viktige reformer og tiltak. På grunnlag av desse resultata har Noreg til og med 2022 utbetalt 115 mill. kroner til Peru. Peru har utvida fleire store nasjonalparkar og gjeve urfolk rettar til store skogområde i Amazonas. Styresmaktene til Peru har også utvikla eit innovativt program der styresmaktene gjev urfolkssamfunn støtte for å ta vare på skogen. Fleire urfolksgrupper i den peruanske regnskogen lever i frivillig isolasjon, og fleire område har blitt oppretta for å beskytte desse. Viktig framgang er blitt gjort for å styrkje reguleringar for å hindre konvertering av skog til jordbruksland. Peru har også oppretta ein nasjonal allianse for berekraftig og avskogingsfri produksjon. I nasjonale handlingsplanar for kaffi og kakao er avskogingsfri produksjon nedfelt som prioritet. Vidare er landbruksdepartementet i ferd med å introdusere avskogingsomsyn i kriteria for finansieringsinstrumenta i landbrukssektoren. Mange av desse resultata har blitt mogleggjorde og fått politisk prioritet som følgje av klima- og skogavtalen mellom Peru, Tyskland og Noreg.

Peru har dei seinaste åra vore i djup politisk krise, med hyppige regjeringsskifte og eit uoversiktleg politisk landskap. I 2022 vart også presidenten avsett av kongressen og varetektsfengsla. Mykje av merksemda i 2022 har difor vore retta mot å sikre politisk forankring og kontinuitet i klima- og skogsamarbeidet.

I 2022 har Peru jobba vidare med å utvide fleire store nasjonalparkar og anerkjend urfolksrettar til store skogområde i Amazonas. Ulovleg hogst har lenge vore ei utfordring i Peru, og miljøkriminalitet har blitt eit stadig meir anerkjend politikkområde. I 2022 vart det gjennomført fleire aksjonar mot kriminelle nettverk. Noreg støttar arbeidet mellom anna gjennom UNODC.

Det vart utbetalt 65,5 mill. kroner frå Noreg til innsatsen i Peru i 2022. Av dette var om lag 28 mill. kroner betalte til sivilsamfunnsorganisasjonar gjennom avtalar forvalta av Norad.

DR Kongo

Nyare forsking indikerer at skogen i Sentral-Afrika/Kongobassenget har eit årleg netto opptak av CO2 som samla sett er seks gonger høgare enn i Amazonas. DR Kongo (DRK) har om lag 60 pst. av skogen i regionen. Skogtapet i DR Kongo ligg på om lag 500 000 ha årleg. Global Forest Watch rapporterer om 3 pst. vekst i tap av primærskog i 2022, samanlikna med 2021. Det meste av avskoginga er knytt til småskala svedjejordbruk og trekolproduksjon rundt byane. Den viktigaste underliggjande årsaka er svært høg befolkningsvekst.

I Kongobassenget arbeider Klima- og skoginitiativet gjennom det regionale fleirgjevarinitiativet Central African Forest Initiative (CAFI). Den første samarbeidsavtalen mellom DRK og CAFI dekte perioden 2016–2020. I november 2021 vart det inngått ein ny avtale for tiårsperioden 2022–2031. Under denne avtalen har CAFI forplikta seg til å støtte DRK med inntil 500 mill. US dollar fram til 2026, av dette om lag 1700 mill. kroner frå Noreg. I tillegg har CAFI-gjevarane gått inn med bilateral støtte på om lag 490 mill. USD for den same perioden for å støtte målsetjingane under avtalen.

I samarbeidsavtalen mellom CAFI og DRK forpliktar styresmaktene seg til politiske reformer innan åtte ulike sektorar: jordbruk, energi, skog, arealplanlegging, eigedomsrettar, styresett, demografi og skogvennleg mineral- og oljeutvinning. Gjevarlanda forpliktar seg til å delfinansiere desse reformene og til tiltak for å redusere avskoging på bakken. Dei kongolesiske styresmaktene har ei målsetjing om å avgrense avskoginga, og deretter gradvis redusere henne.

I 2022 godkjende den kongolesiske regjeringa etter fleire år med konsultasjonar ein nasjonal politikk for eigedomsrettar. Vidare har sektorpolitikk for både jordbruk og energi blitt ferdigstilt og er klar for godkjenning. I 2022 publiserte det nasjonale finanstilsynet ein rapport om ulovlege hogstkonsesjonar, og dette danna grunnlaget for eit reformsamarbeid mellom CAFI, Verdsbanken og regjeringa med sikte på framtidig kansellering av ulovlege hogstkonsesjonar.

Støtte frå CAFI-fondet til DRK blir kanalisert gjennom det nasjonale REDD+-fondet FONAREDD. Saman med Verdsbanken har urfolksstøtta frå FONAREDD medverka til at forslag til ny urfolkslov vart vedteken i DRK i 2022. Dette er eit gjennombrot for posisjonen til urfolk i DRK og eit resultat av meir enn ti års arbeid frå urfolksorganisasjonar, irekna langvarige partnarar av Regnskogfondet. Lova har stor vekt på å rette opp i sosial urett. Ho stadfestar òg at staten juridisk skal anerkjenne og beskytte landområde og ressursar som urfolk eig eller bruker, på basis av hevdvunne rettar.

I 2022 har det med støtte frå FONAREDD blitt produsert og selt 26 000 energieffektive kokeomnar og omsett 600 tonn med LPG-gass som alternativ til trekol. Under familieplanleggingsprogrammet, også finansiering av FONAREDD, er det levert om lag 2,2 mill. «Couple Years of Protection» (prevensjonsbehovet til eitt par i eitt år), ein vekst på bortimot 30 pst. vekst frå 2021. I 2022 vedtok DRK å utvikle ein ny nasjonal familieplanleggingsstrategi.

Det vart utbetalt 300 mill. kroner til CAFI i 2022. Ubetalinga dekker båe DRK og Republikken Kongo. Det vart også utbetalt om lag 21 mill. kroner til DRK i 2022 gjennom avtalar med sivilsamfunnsorganisasjonar forvalta av Norad.

Gabon

Gabon er eit av dei mest skogdekte landa i verda, med 88 pst. av landmassen dekt av skog. Landet har sett seg mål om å ta vare på heile 98 pst. av skogen. Tap av primærskog ligg på rundt 10 000 til 15 000 ha årleg, ifølgje Global Forest Watch.

Noreg tok initiativ til at CAFI underteikna ein samarbeidsavtale med Gabon i 2017, revidert i 2019 og 2021. Noreg har stilt finansiering til disposisjon for denne partnarskapen gjennom CAFI. Etter avtalen har Gabon eit langsiktig mål om å gjennomføre ei rekkje politiske reformer som omfattar skogovervaking, arealplanlegging og berekraftig skogbruk for å nå målet om å ta vare på det aller meste av skogen. Den største delen av avtalen er likevel den resultatbaserte komponenten, med betaling for utsleppsreduksjoner og bevaring av skog etter ART/TREES-standarden. Den resultatbaserte komponenten dekkjer utsleppsreduksjonar i perioden 2016–2025 og har ei ramme på inntil 1 350 mill. kroner (om lag 150 mill. US dollar). Under denne avtalen fekk Gabon i 2021, som første afrikanske land, ei resultatutbetaling på 17 mill. US dollar, for 3,4 mill. tonn utsleppsreduksjonar.

Gabon har vist ein sterk politisk leiarskap på klima og miljø, som har ført til at det har blitt etablert eit omfattande nettverk av nasjonalparkar og iverksetjing av ei rekkje tiltak for berekraftig skogbruk. Det er mellom anna innført lengre rotasjonssyklus i hogstkonsesjonane (krav om at hogstselskap må vente 25 år før dei kan hogge ein parsell på ny), og nokre hogstkonsesjonar er gjorde om til verna område.

I 2022 vart den resultatbaserte utbetalinga frå 2021 overført til CAFI-akkrediterte organisasjonar for å implementere ulike prosjekt i tråd med nasjonale planar utvikla av Gabon. Samtidig har Gabon i 2022 arbeidd med å ferdigstille ein ny resultatrapport for resultatåra 2018–2020, for framlegging i 2023.

Det vart utbetalt om lag 3 mill. kroner til Gabon i 2022 gjennom avtalar med sivilsamfunnsorganisasjonar forvalta av Norad.

Republikken Kongo

Tap av primærskog i Republikken Kongo har dei siste åra svinga mellom 20 000 og 30 000 ha årleg, ifølgje Global Forest Watch.

I 2019 inngjekk CAFI ein intensjonsavtale med Republikken Kongo med ramme på 65 mill. US dollar. Av dette har Noreg lovd eit bidrag gjennom CAFI på inntil 200 mill. kroner. I intensjonsavtalen set Republikken Kongo seg som mål å verne om skogen og dei store torvmyrområda i landet. I 2022 godkjende styresmaktene eit større arealplanleggingsprogram med støtte frå CAFI. Programmet skal hjelpe styresmaktene i leveringa av fleire strategiske milepålar under intensjonsavtalen. Sjølv om styresmaktene er mobiliserte på høgaste nivå i Republikken Kongo, har det ikkje vore stor aktivitet i 2022 ettersom det har teke tid å avklara ansvar og roller mellom implementerande partnarar og styresmaktr.

Det vart utbetalt 300 mill. kroner til CAFI i 2022. Ubetalinga dekker båe DRK og Republikken Kongo. Det vart også utbetalt om lag 4 mill. kroner til Republikken Kongo i 2022 gjennom avtalar med sivilsamfunnsorganisasjonar forvalta av Norad.

Etiopia

Etiopias referansenivå for skog (2000–2013) er på 90 000 hektar per år. Dei seinaste tala styresmaktene har presentert, viser avskoging av 15 600 hektar i perioden 2020–2021. Desse tala er usikre og ikkje verifiserte. Dei same utrekningane viser òg ein auke i skogdekket på 4 000 hektar i same tidsperioden.

Frå og med 2014 har Noreg hatt ulike tilskotsavtalar med Etiopia under den bilaterale klima- og skogavtalen, og Noreg utbetaler om lag 200 mill. kroner årleg. Beløpet baserer seg på ein lovnad Noreg gav i 2015 om 20 mill. US dollar årleg fram til 2020, som sidan har blitt vidareført. Skogsamarbeidet har store synergiar med den norske landbruksstøtta, og Etiopia er eit godt døme på korleis den totale norske innsatsen må sjåast i samanheng.

Det er oppnådd gode resultat under samarbeidsavtalen. Mål for både skogrestaurering og skogbevaring er meir enn oppfylte. 9 420 km² er under restaurering, og 6 700 km² er avgrensa for deltakande skogbevaring. Etiopia har oppretta ei eining med mandat til å utvikle innovative modellar for samarbeid med privatsektor og sivilsamfunn for å akselerere positiv utvikling av skogsektoren. Dette er nybrotsarbeid som det har teke tid å utvikle og setje i verk.

I tillegg til gode resultat på bakken i Etiopia er kapasitetsbygginga av etiopiske styresmakter kanskje det viktigaste resultatet av den norske klima- og skogstøtta fram til i dag. Gjennom direkte og langsiktig støtte til nasjonale strukturar har Noreg bidrege vesentleg til kapasiteten til styresmaktene, slik som kapasiteten til dei føderale styresmaktene til å implementere store nasjonale program.

Norsk støtte har også medverka til betrakteleg auka nasjonal kapasitet til å måle og rapportere skogdata. Nasjonale ekspertar kan til dømes no nytte seg av avanserte satellittdata og bruker IPCC sine tilrådde retningslinjer for måling av utslepp frå ulike landkategoriar. Slik kapasitet er ein føresetnad for å kunne rapportere på nasjonale målsetjingar og for å kunne ta imot resultatbaserte utbetalingar i framtida. I takt med både auka kapasitet og politisk fokus er rolla og statusen til skogsektoren heva betydeleg sidan samarbeidet vart inngått i 2013.

I 2022 vart over 43 mill. treplantar produserte under det norskstøtta programmet REDD+ Investment Program og 12 000 hektar med plantasjeskog etablert. Slike plantasjar er viktige for å redusere presset på naturskogen. I tillegg vart over 70 000 hektar med skogområde som har blitt ringare, kartlagde, og arbeid med å restaurere desse områda vart sett i gang. Under det same programmet vart over 118 000 hektar med naturskog i tre ulike regionar identifiserte og avgrensa for deltakande skogforvaltning. 63 000 menneske fekk opplæring i berekraftig skogforvaltning og i ulike aktivitetar som skal gje berekraftige levebrød for dei som lever i og rundt skogen. Utan slike alternative kjelder til inntekter er det umogleg å stanse avskoging og skogøydelegging i landet.

Det vart utbetalt til saman 283 mill. kroner til innsatsen i Etiopia i 2022. Av dette var 17 mill. kroner utbetalt til sivilsamfunnsorganisasjonar gjennom avtalar forvalta av Norad.

Liberia

Klima- og skoginitiativets partnarskap med Liberia vart formalisert i 2014. Gjennom denne avtalen forplikta Noreg seg til å støtte Liberia med 150 mill. USD (den gongen tilsvarande 900 mill. kroner) for å bidra til utvikling av ein REDD+-strategi, kapasitetsbygging, forvaltningsreformer og, på sikt, betaling for utsleppsreduksjonar.

Under partnarskapen er det oppnådd viktige resultat knytte til styrkt forvaltning av verneområde, lokal skogforvaltning, skogkartlegging og tilrettelegging for resultatbaserte utbetalingar i framtida og til openheit og deltakinga til sivilt samfunn. Ein stor del av norske midlar har gått til styrkt forvaltning av etablerte verneområde og utvikling av nye. Dette inkluderer infrastruktur, kompetanse og drift og har gjeve resultat som bidreg til å sikre Liberias unike naturverdiar.

For å gje styresmaktene større politisk og økonomisk handlingsrom til å gjennomføre ein langsiktig reformagenda har Noreg gjeve eit generelt bidrag til Liberias statsbudsjettet på 40 mill. kroner per år i tre år, frå 2015 til 2017. Budsjettstøtta bidrog til å styrkje offentleg forvaltning, motivere politisk prioritering av langsiktig skogforvaltning, og ho styrkte innverknaden Noreg har i dialogen med styresmaktene og skogsektoren.

Den opphavlege ambisjonen om utsleppsreduksjonar har ikkje blitt nådd, og forventninga om større norske utbetalingar for verifiserte utsleppsreduksjonar er ikkje innfridd. Samarbeidet med Liberia blir nedskalert med vekt på å halde ved lag oppnådde resultat gjennom eit framhald av støtta til nasjonal skogovervakingskapasitet og verneområde med særleg høg naturverdi.

I 2022 held Klima- og skoginitiativet fram med å støtte Liberias innsats for berekraftig arealforvaltning. Arbeidet med å opprette fleire verneområde vart vidareført, likeins arbeidet med utvikling av økoturisme i to pilotområde. Arbeidet med gjennomgang av hogstkonsesjonar og lovgjeving som regulerer gruvedrift i Liberia, vart vidareført. I 2022 vart framlegg om ei ny gruvelov send over frå regjeringa til parlamentet. Målet er mellom anna å redusere tapet av skog. Ukontrollert gruvedrift er ei aukande utfordring i regnskogområda.

Klima- og skoginitiativet støttar også arbeidet til organisasjonen IDH i Liberia. IDH held i 2022 fram med støtte til formalisering og registrering av landrettar og deltakande arealplanlegging for lokalsamfunn. Gjennom Norad fekk FERN og Client Earth støtte til arbeidet med styrking av lokalsamfunnsbasert skogforvaltning i Liberia.

Det vart utbetalt i overkant av 46 mill. kroner frå Noreg til innsatsen i Liberia i 2022. Av dette var om lag 7 mill. kroner utbetala til sivilsamfunnsorganisasjonar gjennom avtalar forvalta av Norad.

Tanzania

Noreg innleidde eit klima- og skogsamarbeid med Tanzania i 2008. Det vart allokert 500 mill. kroner over fem år. REDD+, inkludert den internasjonale REDD-arkitekturen, var da i startfasen. Det vart føresett at den norske støtta skulle bidra til at Tanzania kunne bli klare til å dra nytte av eit resultatbasert regime for verifiserte utsleppsreduksjonar innan utgangen av ein femårsperiode. Slik gjekk det ikkje, og samarbeidet vart forlengd i fleire omgangar.

Samla sett resulterte perioden 2008–2018 i ei betydeleg institusjonell kapasitetsbygging knytt til gjennomføringa av REDD+ i Tanzania. Tanzania har mellom anna utarbeidd ein nasjonal REDD+-strategi og handlingsplan, utvikla kapasitet på skogovervaking og implementert ni REDD+-piloter, av desse vart sju sluttførte. Ei sluttevaluering frå 2015 slo fast at pilotane hadde medverka til reduserte utslepp fra avskoging og til utarbeiding av 90 arealplanar for landsbyar.

Tilstrekkeleg politisk eigarskap og engasjement har vore ei vedvarande utfordring for gjennomføring av REDD+ i Tanzania. Framdrifta i implementering av REDD+-strategien til landet og andre element i REDD+-rammeverket har gått langsamt. Som ei følgje av dette har samarbeidet med Tanzania vore kraftig nedskalert dei siste sju til åtte åra, og det blir planlagt for ei avslutning av samarbeidet etter 2023.

Noreg heldt i 2022 fram med støtta til Tanzanias National Carbon Monitoring Centre (NCMC) og styresmaktene sitt REDD+-prosjekt ved visepresidentkontoret. NCMC bidrog i 2022 til utarbeidinga av nasjonale retningslinjer og forskrifter for handel med karbon, spesielt innan skogbruk og arealbruk, og VPO sluttførte dette arbeidet.

Det vart utbetalt i overkant av 7 mill. kroner frå Noreg til innsatsen i Tanzania i 2022.

Fotnotar

1.

https://public.wmo.int/en/earlywarningsforall

2.

https://www.un-soff.org/

3.

Ei oversikt over kriterer for prioriterte stoffer, samt stoffa og stoffgruppene på prioritetslista og status for utslepp og utsleppsreduksjonar finst her https://miljostatus.miljodirektoratet.no/tema/miljogifter/prioriterte-miljogifter

4.

Bilvrak og kasserte bildekk – Miljøstatus (miljodirektoratet.no)

5.

Verdsbankens publikasjon «State and trends of Carbon Pricing 2023»

6.

Endelige avskogingstall forventes første halvår 2023, forventet justering er på +/- 5%.

Til forsida