Prop. 1 S (2023–2024)

FOR BUDSJETTÅRET 2024 — Utgiftskapittel: 1400–1482 Inntektskapittel: 4400–4481 og 5578

Til innhaldsliste

Del 1
Innleiing

1 Om klima- og miljøutfordringane

Dei tre største miljøutfordringane for verda er å stanse klimaendringar, stanse tapet av natur og å avgrense forureining. Dei tre utfordringane må sjåast i samanheng for å kunne løysast, og det hastar: Klimaendringane skjer her og no – ikkje ein gong i framtida. Det same gjeld tapet av natur. Forureining som skader miljøet og helsa til menneske har fått lov å halde fram. Mellom 3,3 og 3,6 milliardar menneske lever i dag i eit område, eller på ein måte, som gjer dei svært sårbare for konsekvensane av klimaendringane.

Vi menneske har aldri før påverka hav-, land- og ferskvassområda på jorda så mykje som dei siste tiåra. Utnyttinga av ressursane på jorda har ført til auka klimagassutslepp og tap av naturmangfald med fleire utrydda artar og ringare økosystem.

Naturmangfaldet er utgangspunktet for at menneske kan leve på jorda. Stort mangfald gjev høgare produktivitet, og denne variasjonen gjer naturen robust når klima og andre ytre føresetnader endrar seg. Å øydeleggje og gjere naturen ringare reduserer evna han har til å gje oss reint vatn, rein luft og stabil tilgang til mat, og ikkje minst påverkar det klimaet fordi det gjev auka klimagassutslepp direkte og reduserer evna naturen har til å ta opp og lagre karbon. Klimaendringar vil påverke utslepp, frigjering og spreiing av miljøgifter, påverke livsløpet for ulike organismar og dermed økosystema og kva artar som blir mest påverka.

Klima- og miljøutfordringane knytte til bruken og utvinninga av naturressursar følgjer av det høge produksjons- og forbruksmønsteret vi har i Noreg og verda elles i dag. Råvarer som blir utvunne og selde på ein global marknad utan at dei samfunnsøkonomiske kostnadene som miljøproblema fører med seg, er prisa inn, er ei vesentleg årsak til manglande berekraft i den globale økonomien. Ei anna årsak er manglande globalt regelverk eller manglande handheving av slikt regelverk.

Klimautfordringane

Klimaendringane skjer raskare og konsekvensane er meir omfattande og dramatiske enn ein tidlegare har trudd. Dei siste åtte åra er dei åtte varmaste åra som nokon gong er registrert globalt. Den globale gjennomsnittstemperaturen har allereie auka med 1,1 gradar celsius sidan førindustriell tid, og det er eintydig at menneskeleg påverknad har varma opp det globale klimasystemet. Temperaturen har auka meir over land (1,6 °C) enn over havoverflata (0,9 °C).

Klimaendringane er ein alvorleg trussel mot samfunnstryggleiken og stabilitet i verda, og medverkar til å forsterke og forverre underliggjande årsaker til konflikt. Klimaendringane kan også bidra til auka migrasjon. Fleire og større ekstremhendingar har allereie eksponert millionar av menneske for akutt matutryggleik og redusert vasstryggleiken. Flaum, skred, skogbrannar og andre akutte hendingar truar liv og helse og øydelegg kritisk infrastruktur. Lågtliggjande kyst- og øysamfunn står i fare for å forsvinne på grunn av stigande havnivå. Globalt er havnivået no om lag 20 cm høgare enn i førindustriell tid. Sjølv om den globale oppvarminga blir avgrensa til 1,5 °C, vil verda oppleve ei havnivåstiging på 44 cm (34–59 sannsynleg intervall) innan 2100, samanlikna med perioden 1995–2014.

I Noreg går oppvarminga raskare enn det globale gjennomsnittet. Medan verda er om lag 1,1 gradar celsius varmare enn siste halvdelen av 1800-talet, er gjennomsnittstemperaturen på Fastlands-Noreg no over 1,2 gradar celsius høgare enn på starten av 1900-talet. Den gjennomsnittlege årsnedbøren i Noreg har auka med 18 pst. sidan år 1900. Samstundes har episodar med kraftig nedbør blitt meir intense og skjer oftare. Dei fleste sektorane, frå landbruk, fiskeri og havbruk til helse, samferdsel, kultur og energi, er ramma. Klimaendringane har følgjer for samfunnstryggleiken og for utanriks-, forsvars- og tryggingspolitikken. Med ein open økonomi og omfangsrik handel og samarbeid internasjonalt er Noreg sårbart for effektar av klimaendringar i andre delar av verda. Klimarelatert risiko verkar i nært samspel med andre truslar og risikofaktorar globalt og nasjonalt, noko som er med på å komplisere utfordringsbiletet.

FNs klimapanels sjette hovudrapport viser at enhver økning i temperaturen vil ha store konsekvenser for jordas økosystemer, inkludert tap og utslettelse av arter. Slike konsekvenser vil ha et mindre omfang hvis oppvarminga er avgrenset til 1,5 gradar. Det trengst raske og store utsleppskutt om det skal vere mogleg å halde temperaturstiginga under 1,5 gradar. Trass i at mange land har forsterka måla sine under Parisavtalen dei siste åra, er det ikkje nok. Kva verda gjer innan 2030, blir avgjerande for om vi maktar å avgrense oppvarminga i tide til å nå temperaturmålet i Parisavtalen.

Grøn omstilling

Noreg skal i 2050 vere eit lågutsleppssamfunn. Det er nedfelt i klimalova at klimagassutsleppa i 2050 skal reduserast med 90–95 pst. samanlikna med i 1990, inkludert effektane av Noregs deltaking i klimakvotesystemet. Parallelt med omstillinga til eit lågutsleppssamfunn må vi skape eit klimarobust samfunn som er førebudd på og tilpassa til konsekvensane av klimaendringane. Ein føresetnad for ei klimarobust utvikling er å behalde naturmangfaldet og å ha økosystem i god tilstand. Den grøne omstillinga krev at klimatiltak, miljø og naturmangfald blir handterte saman. Vekst og utvikling må skje innanfor tolegrensene til naturen. Samstundes skal den grøne omstillinga gje arbeidsplassar og eit framhald av velstanden.

Energisystema må vere baserte på fornybar energi eller andre nullutsleppsløysingar, industrien må kutte alle utslepp, og produkta som blir omsette i marknaden, må ha låge miljøfotavtrykk gjennom heile livsløpet sitt. For å komme dit trengst det mellom anna meir fornybar energi, energieffektivisering, ny teknologi og nye forretningsmodellar.

Vi må rette offentlege og private investeringar inn mot løysingar som har ein plass i eit lågutsleppssamfunn, og utvikle gode insitament for grøne val, både i offentleg sektor, i næringslivet og hos hushalda. Innovasjon og teknologiutvikling med sikte på redusert ressursbruk og mindre miljøbelastning står sentralt. Vi må utvikle ein sirkulær økonomi der vi held ressursane lenger i krinsløpet, gjennom ombruk, materialattvinning, reparasjon og betre produktdesign. Det offentlege må i større grad bruke rolla si som stor aktør i marknaden til å auke etterspurnaden etter grøne og mindre miljøbelastande varer og tenester.

Omstilling til eit grønare samfunn vil vere utfordrande. Det vil koste i ein overgangsperiode, og endringar kan òg gje belastningar. Det er difor viktig at kostnadene og ulempene ved den grøne omstillinga blir rettferdig fordelte i samfunnet, og at dei blir så små som mogleg.

Tap av natur og naturmangfald

Naturen er livsgrunnlaget vårt. Han gjev oss mellom anna vatn, mat, medisinar, mineral og byggjemateriale. Berekraftig bruk av naturen er avgjerande for verdiskaping, arbeidsplassar og busetjing over heile landet. Naturen tek opp klimagassar ved naturleg karbonlagring i til dømes myr, tidevassump, skog og tareskog. Robuste økosystem kan òg medverke til klimatilpassing ved å dempe effekten av klimaendringane, til dømes i form av flaumdemping og vassreinsing eller vern mot erosjon. Eit rikt naturmangfald og lett tilgang til naturområde er også viktige for friluftsliv og folkehelsa.

Arealbruksendringar og nedbygging av natur er saman med klimaendringane den største negative påverknaden på natur i Noreg. Nedbygginga er kjenneteikna ved at ho skjer bit for bit til ulike formål og er spreidd over heile landet. Summen av all nedbygginga blir likevel stor og fører til tap av naturmangfald og økosystemtenester. I mai 2019 la Det internasjonale naturpanelet (IPBES) fram ein global rapport om tilstanden i naturen. Rapporten presenterer kunnskap frå nær 15 000 vitskaplege kjelder, som seier at dyr, plantar og økosystem blir utrydda i eit tempo vi aldri før har sett i historia til mennesket. Vi hentar ut stadig meir mat, energi og materiale frå naturen for å dekkje eit aukande forbruk til ei veksande global befolkning. Klimatiltak som krev mykje areal, kan óg vere lite berekraftige fordi dei påverkar artane og økosystema negativt. Det samla avtrykket vårt er no så omfattande at vi drastisk reduserer evna naturen har til å levere grunnleggjande tenester som reint vatn, rein luft og stabil tilgang til mat i framtida.

Tap av natur og naturmangfald er ei like stor og viktig utfordring som klimaendringane, og dei to heng tett saman. I Noreg er risiko for tap av naturmangfald særleg ei følgje av arealinngrep og arealbruksendringar. Dette inneber mellom anna utbygging, skogbruk, opphøyr av landbruksdrift og jordbruk. Kommunane forvaltar om lag 83 pst. av arealet i landet gjennom arealplanlegging etter plan- og bygningslova og har difor eit viktig ansvar for å forvalte areala godt. Miljøkriminalitet er òg ei viktig årsak til at nokre artar risikerer utrydding eller overutnytting. I havet gjev forsuring, plastforureining og anna forureining store utfordringar for naturmangfaldet. Klimaendringane forsterkar truslane mot naturen både på land og i havet og har aukande negativ påverknad.

Berekraftig bruk av areala er avgjerande for å nå klimamåla, tilpasse samfunnet til eit endra klima og ta vare på naturmangfald. Både Naturpanelets globale rapport og Klimapanelets spesialrapport om klimaendringar og landareal viser til at landbaserte tiltak for å restaurere og bevare viktige økosystem kan medverke både til auka karbonbinding og klimatilpassing. Det er blitt auka merksemd på rolla naturen har i desse prosessane, og at ein bør satse på tiltak som er bra for både naturen og klima på ein gong. Naturmangfald og naturbaserte løysingar vil vere eit dominerande tema framover.

FN har peikt ut 2021–2030 til å vere verda sitt tiår for restaurering av økosystem. Dette er eit løft for arbeidet med å restaurere økosystem som er blitt ringare og øydelagde, som tiltak for å kjempe mot klimakrisa, styrkje matvaretryggleiken, vassforsyninga og naturmangfaldet.

Auka press på havmiljøet

Dei store havområda under norsk jurisdiksjon og tilknytinga vår til havet inneber eit særskilt forvaltningsansvar for å sikre velfungerande marine økosystem, reine hav og rein kyst.

Ifølgje Naturpanelet er det globalt fire hovudpåverknader på dei marine økosystema. Den viktigaste påverknaden i global samanheng er fiskeria og anna hausting av marine organismar. Deretter kjem endringar i arealbruken på land og i havet, inkludert utvikling av infrastruktur og akvakultur i kystsona. Så kjem klimaendringar og etter det tilførsel av forureining og avfall. Forholdet mellom desse påverknadsfaktorane varierer mellom ulike delar av verdshava.

Klimaendringar er den påverknaden som aukar raskast globalt. Ifølgje Klimapanelet er havet på veg inn i ein ny tilstand med stigande temperaturar, surare havvatn, mindre oksygen, redusert biologisk produksjon og endringar i havsirkulasjonen. Samstundes vil vi sjå ein stadig raskare auke i det globale havnivået. Klimapanelet peiker på at vi no ser verknader av klimaendringane på marine økosystem over heile kloden. I norske hav- og kystområde er klimaendringar allereie blant dei viktigaste påverknadsfaktorane. Klimaendringane forsterkar påverknaden frå andre faktorar som fiskeri, utbygging av kystsona og tilførslar av forureining og avfall.

Naturpanelet har vurdert kva som skal til for å handtere det samla presset frå dei ulike påverknadene på havet. Ifølgje Naturpanelet trengst det eit knippe av verkemiddel og tiltak på land, i ferskvatn og i havet for å ta vare på fiskebestandar og marine artar og økosystem. Å utvide og styrkje representative nettverk av verneområde er eitt av verkemidla som blir framheva som effektive, føresett at desse blir godt forvalta. Andre tiltak er mellom anna økosystembasert forvaltning, effektive fiskekvotar, marin arealplanlegging og reduksjon av forureining frå land. Det er også nødvendig med koordinering på tvers av sektorar og brukarinteresser i havforvaltninga.

Klimapanelet understrekar at klimatilpassing av forvaltninga i stor grad dreier seg om å redusere eller avgrense andre typar påverknad på det marine miljøet og miljøet i kystsona, som arealbruk, forureining og hausting. Beskyttelse av økosystem gjennom arealbaserte tiltak, inkludert nettverk av verneområde på land og i havet, blir også av dei framheva som spesielt viktig.

Viktige utviklingstrekk i norsk og internasjonal havforvaltning er omstilling i havbaserte næringar, globale diskusjonar under FN om forvaltning av hav og havressursar, ei aukande erkjenning av kva rolle velfungerande økosystem har i havøkonomien, og korleis havet kan vere ein del av løysinga på globale utfordringar. Utgangspunktet for Høgnivåpanelet for ein berekraftig havøkonomi (Havpanelet) er at havområda i verda har stort potensial for økonomisk vekst gjennom nye næringar og utvikling av eksisterande næringar. Samstundes er god miljøtilstand i havet og at havområda blir nytta på ein ansvarleg og berekraftig måte, ein føresetnad for å realisere potensialet i havet fullt ut.

Medan klimaendringar og havforsuring endrar dei økologiske vilkåra for å utnytte havet, vil tiltak som skal gje nødvendige utsleppsreduksjonar, auke behovet for å utnytte havområda, mellom anna til auka produksjon av mat, lagring av karbon og fornybar energi. Dette vil påverke arealbruken til havs og kan forsterke presset på havmiljøet.

Eit giftfritt miljø og trygge forbrukarprodukt

Forureining frå mellom anna miljøgifter er ei av dei tre viktige globale miljøutfordringane saman med klimagassutslepp og tap av naturmangfald. Miljøgiftene blir brotne sakte ned i naturen og hopar seg opp i næringskjedene, og dei kan ha alvorlege langtidseffektar. Stans i bruken og utsleppa av miljøgifter og stoff med ibuande eigenskapar som gjev tilsvarande grunn til bekymring, er grunnleggjande for god folkehelse, eit reint miljø, trygg matproduksjon og for å beskytte økosystema. Mykje av norsk verdiskaping, produksjon og velferd er avhengig av eit reint miljø. Utslepp av miljøgifter og andre helse- og miljøfarlege stoff frå norske kjelder har gjennom mange års innsats blitt tydeleg reduserte. Utfordringane no ligg særskilt i langtransportert luft- og havforureining og i produkt som inneheld miljøgifter. Det er difor ei vedvarande utfordring å redusere forureining frå miljøgifter, og utfordringane må løysast ved internasjonalt samarbeid på globalt og europeisk nivå. Arbeidet under EØS-avtalen og globale avtalar er særleg viktig, og Noreg er ein leiande aktør. Miljøgifter og andre helse- og miljøfarlege stoff i produkt hindrar trygg materialattvinning. Ved å fjerne slike stoff frå krinsløpet kan meir sekundært råmateriale lettare erstatte nytt, og mengda sekundærråvarer i økonomien blir auka. Den sirkulære økonomien må utviklast innanfor desse rammene. Tiltak mot plastforureining, irekna spreiing av mikro- og nanoplast i miljøet, er òg viktige for eit giftfritt miljø.

Plastforureining

Plastforureininga er eit raskt aukande globalt miljøproblem. Plasten er eit stoff som har ei lang rekkje ulike bruksområde mellom anna fordi han er så haldbar. Sidan det kan ta fleire hundre år før plasten blir broten ned i vatn, blir han eit alvorleg miljøproblem når han kjem på avvegar. Produksjonen og handteringa av plasten fører også til klimagassutslepp frå utvinning og transport av olje og gass, raffinering og produksjon av råstoff og produkt og avfallshandtering. Plastavfall og mikroplast finst i miljøet over heile jorda og blir spreidde både i hav, vatn, is, luft og jord og alle slags økosystem. Dyr og marine artar blir skadde eller døyr når dei et plastavfall eller mat forureina med plast eller set seg fast i plastavfall slik som tau og fiskegarn. Plasten kan også brytast ned i mindre bitar, såkalla mikroplast, som no finst i mange typar levande organismar og til dømes er påvist i blod og morsmjølk hos menneske. Mikroplasten kan spreie miljøgifter og fungere som ein vektor for spreiing av framande artar som kan forårsake sjukdommar.

Opprydding av plastavfall er viktig for å redusere nedbrytinga av plast til mikroplast. I tillegg er det viktig å stanse tilførslane av plastavfall til miljøet og redusere forbruket av plast. Mengda plastforureining er berekna å auke betrakteleg både i Noreg og globalt dersom ein ikkje set i verk tiltak.

Kulturmiljø

Kulturmiljø er dei kulturhistoriske spora i omgjevnadene våre og kan brukast som ein verdifull ressurs i samfunnsutviklinga. Overgangen til ein meir sirkulær økonomi inneber at vi skal utnytte alle ressursane best mogleg. Vern gjennom bruk er difor framleis eit viktig prinsipp for ei berekraftig kulturmiljøforvaltning. Det vil både redusere avfall og redusere behovet for produksjon og transport av nye byggjemateriale. Vidareført bruk, innovativ ombruk og gjenbruk av eksisterande bygningar og materiale medverkar til å redusere råvarebruk, avfall, utslepp og energiforbruk. Det er verknadsfulle tiltak som gjev reduserte klimagassutslepp her og no og ikkje berre ein venta gevinst i framtida.

Samstundes som kulturmiljøfeltet kan bidra til ein sirkulær økonomi og reduksjon av klimagassutslepp, er det òg viktig at kulturmiljøfeltet handterer dei uønskte konsekvensane av klimaendringane. Eit fuktigare og varmare klima vil gje auka fare for ròte- og insektskadar. Vidare kan akutte hendingar som flaum, skred, brann og kraftig nedbør true dei kulturhistoriske verdiane. Klimatilpassing er difor ein viktig oppgåve for kulturmiljøforvaltninga framover.

Urbaniseringa og den auka tilflyttinga til byane og tettstadene fører òg til press på areal, kulturminne og kulturmiljø. Utfordringa ligg i å auke tettleiken samstundes som ein forsterkar trivselen og kjensla av tilhøyrsel for innbyggjarane.

Miljøutfordringar i nord og i polarområda

Klimaendringar og auka menneskeleg aktivitet gjev aukande miljøutfordringar i polarområda. Oppvarminga av Arktis er opptil fire gonger så rask som det globale gjennomsnittet. Klimaendringane er den klart største trusselen mot naturen og naturmangfaldet i Arktis.

Temperaturstiginga skjer særskilt raskt på Svalbard. Klimaendringane har allereie merkbare konsekvensar – både for økosystema, som blir meir sårbare for ferdsel, for kulturmiljø og for befolkninga på Svalbard. Spesielt utsett er artar som er avhengige av is, som ringsel og isbjørn, og artar som er sterkt påverka av endringar i det marine miljøet, som sjøfugl. Fjordisen har minka på vestkysten av Svalbard dei siste åra. Fjordområde med brefrontar og stabil fjordis vinterstid, slik som Van Mijenfjorden, blir difor stadig viktigare for isavhengige artar. Samstundes blir desse områda meir attraktive som mål for utflukter.

Dei fleste vegetasjonstypane på Svalbard har dårleg evne til gjenvekst og dårleg slitestyrke. Klimaendringane gjev utslag i auka nedbør og smelting av permafrost som gjer at terrenget blir enda meir sårbart for slitasje frå ferdsel. Klimarelaterte endringar i tilgangen på mat blir rekna for å vere ei av hovudårsakene til nedgang i bestanden hos nokre av dei høgarktiske artane.

Belastninga ved ferdsel, naturlege nedbrytingsprosessar og klimaendringar utgjer den største trusselen mot kulturmiljøa på Svalbard i dag. Bygningar på Svalbard er i all hovudsak bygde på permafrost, og observasjonar syner at temperaturen i dei øvre laga i bakken stig kontinuerleg. Ein auke i temperaturen i desse laga, som gjer at dei frys og tinar, skaper utfordringar for bygningsfundament og infrastruktur. Klimaendringar fører også til at flaum og skred vil kunne skje oftare og påføre bygg og kulturmiljø skade.

Klimaendringane gjev nye forureiningsutfordringar på Svalbard, mellom anna fordi tining av permafrost og erosjon kan bidra til å gjere miljøgifter tilgjengelege. Klimaendringane i polarområda gjer det lettare for framande artar å få fotfeste.

Antarktis har ei sentral rolle i dei globale klimasystema og er særskilt viktig med tanke på issmelting og framtidig havnivåstiging. Ei utvikling mot varmare og ferskare vatn vil kunne føre til endringar for nøkkelartar som kril, som igjen påverkar livsgrunnlaget for pingvinar og marine pattedyr.

Forsøpling, særleg plastavfall i havet og på land, er ein vesentleg trussel mot mellom anna dyreliv i nordområda og kan auke med aukande skipstrafikk som følgje av klimaendringar. Mikroplastforureininga i Arktis er vesentleg, med særleg høge nivå i is. Fiskeutstyr, tau og hushaldsavfall er blant dei viktigaste typane marin forsøpling i Arktis. Fiskeri, skipsfart og arktiske busetnader er dei største lokale kjeldene. Plastavfall og mikroplast blir også transporterte til Arktis med havstraumar og vind. Plastavfall er funne sjølv på store djup i Antarktis.

Føresetnader for å løyse klima- og miljøutfordringane

Klima- og miljøpolitikken til regjeringa byggjer på føre-var-prinsippet og forvaltaransvaret. Omsynet til klima og natur skal vere ei ramme rundt all politikk. Klima- og miljøutfordringane kan berre løysast gjennom globalt samarbeid, men Noreg må òg redusere eigne utslepp, tilpasse seg klimaendringane og ta vare på eigen natur. Alle samfunnssektorar har eit sjølvstendig ansvar for å leggje miljøomsyn til grunn for aktivitetane sine og medverke til å nå dei nasjonale klima- og miljøpolitiske måla. Sektorane har òg ansvar for å sikre at kunnskap om eigen påverknad på klima og miljø og kunnskap om moglege løysingar og tiltak blir varetekne i forsking, overvaking og annan kunnskapsproduksjon.

Klima- og miljødepartementet har ansvaret for å samordne og utvikle klima- og miljøpolitikken til regjeringa og arbeider for klima- og miljøvennlege løysingar i alle samfunnssektorar. Dette inkluderer òg ansvaret for eit heilskapleg kunnskapsgrunnlag på klima- og miljøområdet. Klima- og miljødepartementets nye kunnskapsstrategi 2021–2024 definerer mål, delmål og konkrete tiltak for å utvikle kunnskapssystemet for klima og miljø. Strategien peiker mellom anna på behovet for kunnskapssyntesar og å gjere internasjonal kunnskap relevant for norske forhold.

I forvaltninga for eit berekraftig samfunn som tek vare på naturen og beskyttar helsa til befolkninga, står desse prinsippa sentralt:

  • Klima- og miljøpolitikken skal vere basert på kunnskap. Å hente inn kunnskap frå kjelder som forsking, overvaking, kartlegging og kunnskapssamanstillingar står sentralt. Bidrag frå internasjonale kunnskapsprosessar som FNs klimapanel (IPCC) og Naturpanelet (IPBES)og det kommande vitskapspanelet for kjemikaliar, avfall og hindre forureining er viktige.

  • Allmenta har rett til kunnskap, tilgang til miljøinformasjon og deltaking i prosessar for å avgjere saker om miljø. Det er viktig for at dei skal kunne vere med på å sikre eit sunt, produktivt og mangfaldig miljø og dermed eit berekraftig samfunn som tek vare på naturen.

  • Regjeringa har bestemt at FN sine berekraftsmål utgjer det politiske hovudsporet for å ta tak i dei største nasjonale og globale utfordringane (i vår tid). 17 mål for berekraftig utvikling fram mot 2030 ser miljø, økonomi og sosial utvikling i samanheng.

  • Føre-var-prinsippet, som er nedfelt i forureiningslova, naturmangfaldlova, kulturminnelova og svalbardmiljølova, seier at dersom det er fare for at ein aktivitet kan skade miljøet og kunnskapen er mangelfull, skal ein ta dei tilstrekkelege forholdsreglane mot slik skade eller la vere å gjennomføre aktiviteten.

  • Stortingsmeldinga Klima i endring – saman for et klimarobust samfunn (Meld. St. 26 (2022–2023)) slår fast at føre-var-prinsippet blir vidareført også i arbeidet med klimatilpassing. Her inneber prinsippet at det skal takast utgangspunkt i høge alternativ frå dei nasjonale klimaframskrivingane når omsynet til eit klima i endring blir vurdert. I kvar sak skal omsynet til klimaendringane balanserast mot andre viktige samfunnsomsyn.

  • Prinsippet om samla belastning / økosystemtilnærming står sentralt i naturmangfaldlova og inneber at ein skal leggje vekt på summen av påverknad på naturmangfaldet, både område, naturtypar og artar, når planar skal leggjast og vedtak skal gjerast.

  • Forureinar-betaler-prinsippet inneber at den som har ansvaret for at forureining skjer, skal dekkje kostnadene ved at forureining blir påført samfunnet. Dette er prinsippet for ei rekkje miljøavgifter, til dømes CO2-avgifta. Etter forureiningslova har den som forureinar, òg ansvaret for å rydde opp. Tilsvarande har naturmangfaldlova eit prinsipp om at kostnadene ved at miljøet blir dårlegare, skal berast av tiltakshavaren. Kulturminnelova har ei føresegn om at tiltakshavaren skal betale kostnader ved arkeologiske undersøkingar av automatisk freda kulturminne. Svalbardmiljølova har òg slike føresegner.

Internasjonalt samarbeid er avgjerande for å løyse dei globale klima- og miljøutfordringane

Klima- og miljødepartementet deltek aktivt i ei rekkje internasjonale prosessar og nyttar fleire verkemiddel for å påverke den globale miljøtilstanden. Departementet arbeider både bilateralt, regionalt i Europa og Norden og globalt. Gjennom internasjonale forhandlingar medverkar Noreg til at landa i verda set seg felles mål for til dømes å redusere produksjonen og bruken av miljøgifter (Stockholm-konvensjonen og Minimata-konvensjonen), betre naturmangfaldet (FNs konvensjon om biologisk mangfald), redusere klimagassutslepp (Parisavtalen og klimakonvensjonen) og arbeide mot organisert grenseoverskridande miljøkriminalitet i breitt (FN-konvensjonane om korrupsjon og grenseoverskridande organisert kriminalitet). Noreg vil mellom anna som leiar av Høgambisjonskoalisjonen for å stanse plastforureining framleis prioritere forhandlingane om ein internasjonal avtale mot plastforureining høgt. Internasjonale avtalar får òg konsekvensar nasjonalt. Til dømes dannar berekraftsmåla og Parisavtalen viktige rammer for Noregs nasjonale og internasjonale klima- og miljøarbeid.

Vi når verken måla i Parisavtalen, naturavtalen eller FNs berekraftsmål utan å redusere og reversere tap av regnskogane i verda. Skogane medverkar til eit stabilt klima, til naturmangfald, og dei utgjer levegrunnlaget for millionar av menneske, spesielt urfolksgrupper, som bur i og omkring skogen. Det er utfordrande for skoglanda å gjennomføre ein berekraftig arealpolitikk som hindrar at regnskogen blir øydelagd. Denne utfordringa veks så lenge dei globale marknadene spør etter varer som aukar avskoginga. Samstundes har innsatsen til styresmaktene i land som Brasil og Indonesia vist at politikk nyttar. Gjennom arealreformer, beskyttelse av skogen og handheving av lova har dei greidd å redusere øydelegginga av regnskogen. Det internasjonale Klima- og skoginitiativet er Noregs innsats for å støtte skoglanda i innsatsen deira og å redusere marknadspresset på skogen.

EU er ein pådrivar i internasjonal klima- og miljøpolitikk og ein viktig samarbeidspartnar for Noreg. Ein stor del av klima- og miljøpolitikken til EU blir innlemma i norsk regelverk som følgje av EØS-avtalen, mellom anna regelverk på område som avfall, produkt, kjemikaliar, industriutslepp, luftkvalitet og vassforvaltning. Noreg deltek fullt ut i EUs klimakvotesystem. Noreg skal òg samarbeide med EU i perioden 2021–2030 for å oppfylle klimamålet for 2030. EUs ambisiøse klimamål og oppfølginga av Europas grøne giv inneber ei omfattande sektorovergripande politikk- og regelverksutvikling på nær sagt alle samfunnsområde, mellom anna klima, naturmangfald, energi, industri, avløp, avfall og produkt i den sirkulære økonomien, kjemikaliar, plastforureining og grøn finans, og kjem til å påverke den grøne omstillinga i Noreg. Noreg og EU har inngått ein grøn allianse som opnar for styrkt samarbeid om den grøne omstillinga i Europa og internasjonalt.

Dei globale klima- og miljøutfordringane må òg sjåast i samanheng med internasjonal handel, investeringar og finanssektoren. Handel og investeringar kan auke presset på naturen og gje auka utslepp, men kan òg vere med på å fremje meir berekraftig produksjon og forbruk. Handels- og investeringsavtalar set, til liks med klima- og miljøavtalar, rammer for nasjonal klima- og miljøpolitikk. Det blir difor arbeidd for at slike avtalar blir utforma slik at dei fremjar grøn vekst og støttar opp om klima- og miljøomsyn.

Meir informasjon om internasjonalt klima- og miljøarbeid er å finne i programkategori 12.10 Fellesoppgåver, forsking, internasjonalt arbeid m.m., 12.20 Klima, naturmangfald og forureining, 12.60 Nord- og polarområda og 12.70 Internasjonalt klimaarbeid og i del III Omtale av særlege tema.

2 Resultatområde og nasjonale mål i klima- og miljøpolitikken

Klima- og miljøpolitikken er delt opp i seks resultatområde. Resultatområda er etablerte for å vise heilskapen i Klima- og miljødepartementets politikkområde og for å gjere synleg at å vareta klima og miljø er eit ansvar for heile samfunnet.

På kvart resultatområde er det tilhøyrande nasjonale klima- og miljømål som speglar av kva Noreg vil oppnå på området, og indikatorar for kvart mål, som viser utviklinga over tid. Klima- og miljødepartementet fastset årleg eit sett med indikatorar for alle dei nasjonale måla. Måla og utviklinga i indikatorane over tid er beskrivne på Miljøstatus.no.

Under følgjer ein nærmare omtale av resultatområda og dei nasjonale måla.

2.1 Naturmangfald

Nasjonale mål:

  • Økosystema skal ha god tilstand og levere økosystemtenester.

  • Ingen artar og naturtypar skal utryddast, og utviklinga til trua og nær trua artar og naturtypar skal betrast.

  • Eit representativt utval av norsk natur skal takast vare på for kommande generasjonar.

Naturen er sjølve grunnlaget for livet vårt, og berekraftig bruk av naturressursane er avgjerande for verdiskaping, arbeidsplassar og busetjing over heile landet. Naturen reinsar vatn og luft, resirkulerer næringsstoff, bind jordsmonn, produserer mat, dempar flaumar, lagrar karbon, beskyttar mot erosjon og syter for pollinering av plantar. Naturen medverkar òg til verdiskaping og opplevingar. Ein mangfaldig natur gjev meir robuste økosystem som er betre i stand til å tilpasse seg endringar i naturen, mellom anna klimaendringane.

Fagsystemet for fastsetjing av god økologisk tilstand, Naturindeks for Norge, vassforskrifta og utviklinga for inngrepsfrie naturområde er grunnlaget for vurderinga i Miljøstatus av mål for økosystema. Økologisk tilstand er så langt vurdert etter fagsystem for fastsetjing av god økologisk tilstand i hav, fjell, skog og arktisk tundra. Statusen for mål i norske økosystem er ifølgje Miljøstatus middels god, med unntak av hav og fjell, som har god status. For havområda Nordsjøen og Skagerrak er økosystema likevel vesentleg påverka av menneskeleg aktivitet. I naturlege vassførekomstar (overflatevatn) oppnår over 74 pst. i dag god eller særs god økologisk tilstand.

I 2023 har Miljødirektoratet sett saman eksisterande og lett tilgjengeleg kunnskap om naturareal, tilstand og økosystemtenester til ein førstegenerasjons naturrekneskap.

Boks 2.1 Fagsystem for fastsetjing av god økologisk tilstand

Eit ekspertråd har utvikla eit fagsystem som blir brukt til å måle økologisk tilstand for ulike økosystem i Noreg. På bakgrunn av dette arbeider no ulike forskingsinstitusjonar med å vurdere tilstanden i dei norske økosystema. Fagsystemet vurderer tilstanden til økosystema basert på indikatorar knytte til viktige økologiske eigenskapar. God økologisk tilstand vil i fagsystemet seie at eit økosystem ikkje avvik vesentleg frå eit intakt økosystem (referansetilstanden). Fagsystemet kan vidare peike på økologiske funksjonar som avvik frå god tilstand. Denne metodikken har fleire likskapar med korleis vi fastset tilstand med den standardiserte metodikken etter vassforskrifta. Fagsystemet er eit av fleire kunnskapsgrunnlag som gjer oss i stand til å forvalte økosystema meir kunnskapsbasert. I 2023 vart det sett i gang ei vitskapleg evaluering av fagsystemet leidd av Forskingsrådet, som er planlagd ferdig i 2024.

Statusen for mål om trua og nær trua artar og naturtypar er ifølgje Miljøstatus sprikjande, men generelt ikkje god nok til at målet blir nådd. I tråd med naturmangfaldmeldinga blir arbeidet med å vareta sterkt eller kritisk trua ansvarsartar og trua naturtypar og naturtypar som er viktige for trua artar, prioritert først. I 2023 vart oppfølgingsplan for trua natur oppdatert til å inkludere fire nye naturtypar prioriterte for tiltak. Ifølgje Norsk raudliste for naturtypar (2018) er 66 naturtypar trua og 34 nær trua for Fastlands-Noreg og norske havområde. Det vil seie at nesten halvparten av dei vurderte naturtypane er trua eller nær trua. Når det gjeld artar, er ifølgje Norsk raudliste for artar (2021) 2 752 artar trua og 1 359 nær trua for Fastlands-Noreg og norske havområde. Det vil seie at 18 pst. av dei vurderte artane er trua eller nær trua. Tabell 2.1 gjev ei oversikt over trua artar og naturtypar i dei ulike hovudøkosystema.

Tabell 2.1 Talet på trua artar og naturtypar i hovudøkosystema

Hovudøkosystema i Noreg

Talet på trua artar1

Talet på trua naturtypar2

Hav og kystvatn

62

6

Elvar og innsjøar

195

4

Våtmark

289

8

Skog

1 330

10

Fjell

179

3

Kulturlandskap og opent lågland

1 546

14

Polare område (Svalbard)

67

8

1 Tala er baserte på Norsk raudliste for artar 2021.

2 Tala er frå Norsk raudliste for naturtypar frå 2018.

Ifølgje Miljøstatus kan vi nå målet om å ta vare på eit representativt utval av norsk natur for kommande generasjonar, men det manglar framleis vern av skog, hav og kyst. Det er mogleg å nå målet ved å bruke verkemidla i den norske handlingsplanen for naturmangfald, Natur for livet. Om lag 17,6 pst. av Fastlands-Noreg er no verna som nasjonalparkar, naturreservat, landskapsvernområde eller anna vern. Det er stor variasjon i fordelinga av vern mellom hovudøkosystema. Til dømes er 35 pst. av fjellarealet 900 meter over havet verna, medan 5,2 pst. av skogen er verna. For den produktive delen av skogen er talet 3,9 pst. Stortinget vedtok i 2015 eit mål å verne 10 pst. av skogarealet. Om lag 4,5 pst. av hav og kystvatn innanfor 12 nautiske mil (territorialfarvatnet) er verna. Her er det langt igjen før målet om representativt vern er nådd.

Områda som er verna, må også bli forvalta slik at naturverdiane held like god kvalitet i områda på lang sikt og for kommande generasjonar. Det er estimert at i 27 pst. av verneområda er verneverdiane trua.

2.2 Kulturminne og kulturmiljø

Nasjonale mål:

  • Alle skal ha høve til å engasjere seg og ta ansvar for kulturmiljø.

  • Kulturmiljø skal bidra til berekraftig utvikling gjennom heilskapleg samfunnsplanlegging.

  • Eit mangfald av kulturmiljø skal takast vare på som grunnlag for kunnskap, oppleving og bruk.

Dei nasjonale måla er forankra i Meld. St. 16 (2019–2020) Nye mål i kulturmiljøpolitikken – Engasjement, bærekraft og mangfold.

Dei nasjonale måla legg vekt på at kulturmiljø er ein ressurs i ei miljømessig, sosial og økonomisk berekraftig samfunnsutvikling. Måla understrekar òg at kulturmiljøpolitikken er ein integrert del av klima- og miljøpolitikken. Klimaendringane kan få store konsekvensar før kulturmiljøa, samstundes kan bevaring og ombruk av kulturhistoriske bygningar og anlegg medverke til reduksjon av klimagassutslepp.

Kulturminne og kulturmiljø er viktige delar av det kollektive samfunnsminnet. Historiske bygningar, bymiljø, landskap og arkeologiske spor er kjelder til kunnskap om samfunnsutviklinga, om livet til enkeltmenneske og om korleis menneska har brukt og innretta seg etter naturen og ressursane gjennom tidene. Dei kan òg bidra til stadidentitet, tilhøyre og livskvalitet. Kulturmiljøpolitikken legg vekt på å forvalte dei kulturhistoriske verdiane i eit langsiktig perspektiv.

I Noreg er det spor etter menneskeleg liv og virke over ein periode på meir enn 11 000 år. Kulturminne og kulturmiljø som blir tekne vare på, skal vise eit kulturelt, sosialt og geografisk mangfald frå ulike tidsperiodar og bidra til å dokumentere og forstå den historiske utviklinga. Tal frå Miljøstatus syner at Noreg har eit mangfald av kulturminne og kulturmiljø, men treng betre oversikt over fordelinga etter næring, sosial klasse og etnisitet. Talet på registrerte kulturmiljø auka med nesten 5 pst. frå 2022 til 2023. Størst auke var det for kulturhistorisk viktige arbeids- og verkstadplassar.

Regjeringa er oppteken av å ta vare på mangfaldet av kulturmiljø. Dei nye bevaringsstrategiane for Kystens kulturmiljø og Landbrukets kulturmiljø skal bidra til å bevare eit mangfald av kulturminne og kulturmiljø gjennom mellom anna eit betre kunnskapsgrunnlag og meir samordna verkemiddelbruk. Riksantikvaren bidreg i Barne- og familiedepartementet sitt igangverande arbeid med ein bevaringsstrategi for kulturhistoriske verdifulle kyrkjer. Frå 2024 blir det òg løyvd eit årleg tilskot på 5 mill. kroner til etableringa av verdsarvsenter. I 2024 går tilskotet til å etablere verdsarvsenteret på Ornes knytt til Urnes stavkyrkje.

Riksantikvarens tilskot til freda kulturminne i privat eige og kulturmiljø og kulturlandskap skal lempe på den økonomiske byrda for privatpersonar som eig freda kulturminne. Tilskotsordninga skal òg sikre kulturminne og kulturmiljø som kjelde til kunnskap og oppleving og berekraftig verdiskaping og bruk. Tilskot frå Kulturminnefondet er eit lågterskel tilbod retta mot eigarar av verneverdige kulturminne som skal stimulere til privat verneinnsats. Tilskot frå Kulturminnefondet medverkar til at eit mangfald av kulturminne og kulturmiljø kan nyttast som grunnlag for framtidige opplevingar, kunnskap, utvikling og verdiskaping.

Interessa nordmenn har for kulturmiljø, er høg, men aukar ikkje. Om lag kvar tiande nordmann i alderen 16–79 år er svært interessert i kulturminne, kulturmiljø og landskap. Interessen aukar med alder og utdanning. Tal frå Miljøstatus syner at 15 pst. av befolkninga er engasjerte i, og tek ansvar før, kulturmiljø. Det er eit relativt stabilt nivå. Et mindretal av den norske befolkninga står for det frivillige arbeidet på kulturmiljøområdet. I 2022 deltok om lag 7 pst. av nordmenn i dugnader eller møte. 5 pst. var medlem av ein frivillig kulturvernorganisasjon. Langt fleire, i gjennomsnitt 10 pst. av befolkninga, har engasjert seg før bevaring av kulturmiljø i lokalmiljøet. Dette er likt som i 2021.

Regionreforma har gjeve fylkeskommunane meir mynde. Fylkeskommunane har i hovudsak førstelinjeansvaret for behandling av saker etter kulturminnelova. Riksantikvaren har eit overordna ansvar for gjennomføringa av den nasjonale kulturmiljøpolitikken. Direktoratet bidreg til meir heilskapleg samfunnsplanlegging og styrking av rolla som samfunnsutviklar gjennom tiltak før kompetanseoppbygging og kompetansedeling i kommunane, fylkeskommunane, Sametinget og statlege styresmakter.

Hos fylkeskommunane er bruken av pengar på kulturmiljøforvaltning relativt stabil samanlikna med andre utgifter, ifølgje tal frå Miljøstatus. Talet på fylkeskommunar som har auka delen årsverk til kulturmiljøarbeid, eller halde delen stabil, har minka litt. I 2022 hadde sju av elleve fylkeskommunar eit auka eller om lag likt tal årsverk mot ni fylkeskommunar i 2021. Det er førebels få av fylkeskommunane som vart oppretta etter regionreforma, som så langt har vunne å forme ut ein ny regional plan for kulturmiljø.

Kulturminne og kulturmiljø kan nyttast som ein ressurs i lokal samfunns- og arealplanlegging for å utvikle berekraftige og levbare byar og stader. Tal frå Miljøstatus syner at 38 pst. av norske kommunar brukte meir enn 20 kroner per innbyggjar til kulturmiljøforvaltning i 2022. Dette er ein auke på åtte pst. frå 2021 da talet på kommunar som brukte meir enn 20 kroner per innbyggjar til kulturmiljøforvaltning var 30 pst. Auken i utgifter per innbyggjar må sjåast i samanheng med den generelle prisauken i samfunnet. Omtrent 65 pst. av kommunane har per 2022 vedteke ein kulturmiljøplan. Dette er ein auke frå 2021 da talet var 58 pst. Ein tredjedel av kommunane har knytt til seg kulturmiljøfagleg kompetanse. Talet har vore stabilt i fleire år.

Kulturmiljølovutvalet vart utnemnt av Kongen i statsråd 22. juni 2022 og skal greie ut eit forslag til ny kulturmiljølov til erstatning for den noverande kulturminnelova. Utvalet skal gjere ein fullstendig gjennomgang av regelverket om kulturminnelova og regelverket om kulturmiljø i andre lover og foreslå ei ny lov om kulturmiljø. Utvalet skal levere utgreiinga si i form av ein NOU (Noregs offentlege utgreiingar) innan 1. februar 2025.

2.3 Friluftsliv

Nasjonale mål:

  • Friluftslivet sin posisjon skal takast vare på og utviklast vidare gjennom varetaking av allemannsretten, bevaring og tilrettelegging av viktige friluftslivsområde og stimulering til auka friluftslivsaktivitet for alle.

  • Naturen skal i større grad brukast som læringsarena og aktivitetsområde for barn og unge.

Friluftsliv og eit nært forhold til naturen er ein viktig del av det nasjonale medvitet og ein integrert del av livet til mange nordmenn. Friluftsliv gjev auka trivsel, betrar folkehelsa og aukar forståinga og interessa for å ta vare på naturverdiar. Det er eit mål å auke deltakinga i helsefremjande, trivselsskapande og miljøvennleg friluftsliv for alle grupper i befolkninga og spesielt for barn og unge.

Ifølgje Miljøstatus er andelen som utøver friluftsliv høg, og posisjonen friluftslivet har er god, men mange har framleis ikkje god nok tilgang på areal for å utøve friluftsliv. Om lag halvparten av skulane og barnehagane manglar vidare trygg tilgang til nærturterreng.

Skal målsetjinga om at store delar av befolkninga utøver friluftsliv jamleg bli nådd, er det viktig med attraktive friluftslivsområde i nærleiken av der folk bur. Friluftsliv i nærmiljøet er difor prioritert i friluftslivsarbeidet.

Det er ein lovfesta rett i friluftslova å kunne ferdast fritt og opphalde seg i naturen (allemannsretten) og at ferdsel og opphald i naturen skal vere gratis. Dette er ein viktig føresetnad for at friluftsliv er svært utbreidd i Noreg. Informasjon om rettar og plikter etter allemannsretten er prioritert, der eit naturvennleg friluftsliv står sentralt.

2.4 Forureining

Nasjonale mål:

  • Forureining skal ikkje skade helse og miljø.

  • Bruk og utslepp av kjemikaliar på prioritetslista skal stansast.

  • Eksponering av menneske og miljø for radioaktiv forureining skal haldast så låg som mogleg.

  • Veksten i mengda avfall skal vere vesentleg lågare enn den økonomiske veksten.

  • Materialattvinninga av avfall skal auke.

  • Å sikre trygg luft. Basert på kunnskapsstatusen frå i dag blir følgjande nivå sett på som trygg luft:

    • årsmiddel PM10: 20 µg/m3

    • årsmiddel PM2,5: 8 µg/m3

    • årsmiddel NO2: 30 µg/m3

  • Støyplager skal reduserast med 10 pst. innan 2020 samanlikna med 1999. Talet på personar som er utsette for over 38 dB innandørs støynivå, skal reduserast med 30 pst. innan 2020 samanlikna med 2005.1

Alle har rett til eit miljø som tryggjer helse og velferd, og til ein natur der mangfaldet og produksjonsevna blir tekne vare på. Noreg har ambisiøse mål om å redusere forureining. Det overordna målet inneber at forureining ikkje skal skade helse og miljø. Det er òg fastsett meir spesifikke mål for område som har særleg merksemd.

For kjemikalieområdet rettar mykje av arbeidet seg spesielt mot bruk og utslepp av kjemikaliar som er førte opp på den norske prioritetslista, og som omfattar miljøgifter og andre stoff som utgjer ein alvorleg trussel mot helse og miljø. For tida er over 80 stoff og stoffgrupper førte opp på lista.

Mange stoff og stoffgrupper på den norske prioritetslista er forbodne, både i Noreg og i andre land, og strenge krav har gjort at utslepp frå både landbasert industri og olje- og gassverksemd er kraftig reduserte i Noreg og andre vestlege land. Bruk og utslepp av andre helse- og miljøfarlege stoff har ei tilsvarande utvikling. Det er difor lågare nivå av dei gamle miljøgiftene – som PCB og DDT – i til dømes fisk og skaldyr no enn for 20–30 år sidan. Slike gamle miljøgifter finst likevel framleis i norsk miljø og i forhøgde nivå i dyr langt oppe i næringskjeda og hos menneske.

Samstundes finn vi stadig nye miljøgifter, som bromerte og klorerte flammehemmarar og fluorerte sambindingar (PFAS-ar), i norsk natur. Noko kjem av lokale utslepp, men ein god del kjem òg langvegs frå med luft- og havstraumar frå andre land. Produkta vi omgjev oss med, er òg ei viktig kjelde. Kjelder som produkt, avfall, forureina grunn og sediment fører til at utslepp vil skje i lang tid etter at stoffa er fasa ut av bruk. Nye kjemiske stoff blir utvikla raskt. FN spår at salet av kjemikaliar globalt vil doblast innan 2030, og at store mengder helse- og miljøfarlege stoff vil sleppast ut i miljøet.

Gammal forureining lagra i jord og sjøbotn kan føre til skade på helse og miljø og vere ei kjelde til spreiing av helse- og miljøskadelege kjemikaliar. Arbeidet med forureina grunn i Noreg har gått for seg i fleire tiår. Kvart år blir eit stort tal på lokalitetar i Noreg undersøkt, registrert og ved behov sanert. Totalt er det no drygt 13 000 lokalitetar i databasen Grunnforurensning, irekna 1 000 med alvorleg grunnforureining. Arbeidet med opprydding i forureina sjøbotn følgjer føringane i handlingsplanen om forureina sediment frå 2006. Av dei 17 høgast prioriterte områda for opprydding av forureina sjøbotn er 6 ferdig rydda. I tillegg er det ferdig rydda i delar av fleire av dei andre prioriterte områda. Næringssalt (fosfor og nitrogen) og organisk materiale endrar tilstanden i vatn og påverkar algevekst og oksygenforhold for plante- og dyreliv i vassdrag og i kystområda. Tilførsel av næringssalt til kystområda kjem i hovudsak frå avrenning frå jordbruk, utslepp av kommunalt avløp og fiskeoppdrett og gjennom naturleg avrenning. Langs Skagerrakkysten er jordbruk og kommunalt avløp dei største utsleppskjeldene. Langs dei andre kyststrekningane er fiskeoppdrett den største utsleppskjelda.

Det er eit eige mål for radioaktiv forureining for å få tydeleg fram breidda i arbeidet på området. Nivået på radioaktiv forureining er generelt lågt. Nedfallet frå ulykka i Tsjernobyl i 1986 er framleis ei viktig kjelde til radioaktivitet i norsk natur.

For petroleumsverksemda er det eit mål at utslepp til sjø av dei mest miljøfarlege tilsette kjemikaliane skal stansast, og at utslepp av prioriterte miljøgifter som finst naturleg, skal stansast eller minimerast. Når det gjeld olje og andre stoff, er målet ingen utslepp eller minimering av utslepp som kan gje skade, jf. Meld. St. 35 (2016–2017) Oppdatering av forvaltningsplanen for Norskehavet. Dette nullutsleppsmålet er vidareført i Meld. St. 20 (2019–2020) Helhetlige forvaltningsplaner for de norske havområdene og gjeld for heile den norske sokkelen. Det er framleis behov for tiltak for å nå målet.

Farleg avfall skal takast forsvarleg hand om og anten gå til attvinning eller vere sikra god nok nasjonal behandlingskapasitet. I dag blir nær alt farleg avfall attvunne eller levert til godkjend behandling. Dei største mengdene farleg avfall kjem frå industriverksemd, men innsats for å redusere helse- og miljøskadelege stoff i produkt medverkar òg til å redusere miljøproblema når slike produkt blir til avfall.

Dei nasjonale avfallsmåla er at veksten i mengda avfall skal vere vesentleg lågare enn den økonomiske veksten, og at materialattvinninga av avfall skal auke. Trenden har vore at avfallsmengdene anten har vakse i takt med økonomien eller raskare frå år til år, med ein førebels topp i 2019. Brutto nasjonalproduktet auka med 2,5 pst. frå 2019 til 2021, medan avfallsmengdene gjekk ned med 5,3 pst. i same tidsrommet. Utviklinga disse to åra er såleis positiv, men det er for tidleg å slå fast om trenden frå tidlegare har snudd. Frå 2019 til 2021 fall materialattvinninga av ordinært avfall frå 41 pst. til 38 pst. (biologisk behandling inngår ikkje i talet). Dette er eit lågare nivå enn for ti år sidan. For hushaldsavfall og liknande avfall frå næringslivet har EU bindande mål til materialattvinning og førebuing til ombruk på høvesvis 55 pst. i 2025, 60 pst. i 2030 og 65 pst. i 2035. Noreg rapporterte for 2020 40,8 pst. (inkludert tap i attvinningsprosessen). Det er nær ti prosentpoeng under EU-målet på 50 pst.

Noreg har mellom anna slutta seg til regionale havmiljømål under konvensjonen om beskyttelse av det marine miljø i Nordaust-Atlanteren (OSPAR). I Noreg er det forbod mot å forsøple. Internasjonalt er det semje om å stanse all tilførsel av plastavfall og mikroplast til havet på sikt. FNs miljøforsamling (UNEA) vedtok i mars 2022 å starte forhandlingane om ein rettsleg bindande global avtale for å stanse plastforureining. Avfallsførebygging og god handtering av avfall er avgjerande for å førebyggje plastforureining òg.

Gjennom Montrealprotokollen forpliktar medlemslanda seg til å fase ut bruken av gassar som er skadelege for ozonlaget. Bruken av stoffa er på verdsbasis redusert med over 98 pst., og overvakingsresultat viser no at ozonlaget er i ferd med å bli tjukkare. Noreg oppfyller forpliktingane i Montrealprotokollen.

Internasjonale avtalar har redusert tilførslane av langtransportert luftforureining sidan 1980. Likevel vil vassforsuring framleis vere eit problem i store delar av Noreg i fleire tiår framover utan ytterlegare utsleppsreduksjonar. Nasjonalt har Noreg redusert dei samla årlege utsleppa av svoveldioksid, nitrogenoksid, flyktige organiske sambindingar og små helseskadelege partiklar (PM2,5) i tråd med dei internasjonale forpliktingane i Göteborgprotokollen og i EØS-avtalen. For utslepp av ammoniakk må verkemiddelbruken forsterkast for at Noreg skal overhalde forpliktingane i dei internasjonale avtalane.

Frå 1. januar 2022 vart det nasjonale målet for årsmiddelen for nitrogendioksid (NO2) endra frå 40 til 30 mikrogram per kubikkmeter utandørs luft. Oppdateringa var basert på ny kunnskap frå Folkehelseinstituttet og Miljødirektoratet om helseeffektar ved langvarig eksponering for NO2.

Både for nitrogendioksid (NO2) og svevestøv (PM10 og PM2,5) er det i tillegg til nasjonale mål fastsett juridisk bindande grenseverdiar i forureiningsforskrifta. Regjeringa innførte nye, strammare grenseverdiar for svevestøv frå 1. januar 2022. Grenseverdien for årsmiddel PM10 vart endra frå 25 til 20 mikrogram per kubikkmeter og for årsmiddel PM2,5 frå 15 til 10 mikrogram per kubikkmeter. I tillegg vart talet på tillatne overskridingar av døgnmiddelgrensa for PM10 endra frå maksimalt 30 til maksimalt 25 overskridingar av 50 mikrogram per kubikkmeter.

Vidare innførte regjeringa endringar i forureiningsforskrifta kapittel 7 om lokal luftkvalitet som tok til å gjelde 1. juli 2022. Formålet med endringane er å auke gjennomføringsevna til aktørane og å betre etterlevinga av regelverket. Det viktigaste grepet er å forenkle og omstrukturere forskrifta for å gjere henne meir brukarvennleg. Endringane vil utvide moglegheita kommunane har til å sikre at nødvendige tiltak blir gjennomførte, og gje Miljødirektoratet fleire styringsverktøy for å sikre at regelverket blir følgt opp.

Det er ein nedgåande trend for NO2 i norske kommunar. Alle kommunar heldt seg innanfor grenseverdien for NO2 i 2022, og ingen kommunar braut det nasjonale miljømålet for NO2. Svevestøvnivåa varierer frå år til år. I 2022 vart dei nye grenseverdiane for svevestøv (PM10) brotne i fem kommunar: Ringsaker, Drammen, Bærum, Lørenskog og Oslo. Kommunane hadde årsmiddel over grenseverdien på 20 mikrogram per kubikkmeter luft i årsmiddel. Dei hadde også fleire døgn med nivå over 50 mikrogram fint og grovt svevestøv (PM10) per kubikkmeter enn tillate. Dei same kommunane braut også det nasjonale miljømålet for PM10 fordi dette er likt som grenseverdien for årsmiddel. Bærum kommune braut også grenseverdien for PM2,5 på 10 mikrogram per kubikkmeter luft i årsmiddel. Det nasjonale målet for PM2,5 vart overskride i åtte kommunar i tillegg til Bærum (Oslo, Kristiansand, Drammen, Sarpsborg, Porsgrunn, Fredrikstad, Lørenskog og Ringsaker) i 2022.

I 2021 kom Verdas helseorganisasjon (WHO) med nye tilrådingar for kva for nivå av luftforureining som kan reknast som trygge. Miljødirektoratet og Folkehelseinstituttet har, på oppdrag frå Klima- og miljødepartementet, oppdatert dei nasjonale luftkvalitetskriteria i 2023 i lys av dei nye tilrådingane frå WHO.

Støy er forureining etter forureiningslova og er det forureiningsproblemet som rammar flest. Vi har over tid hatt nasjonale mål for reduksjon av støyplage, men i dag når ikkje Noreg dei fastsette måla. Det blir arbeidd med oppdatert kunnskapsgrunnlag for å revidere støymålet. Førebyggjande tiltak og god arealplanlegging er dei viktigaste verktøya vi har. Oppdatert støyretningslinje T-1442/2021 og rettleiing vart publiserte i juni 2021. Denne oppdaterte retningslinja har meir merksemd enn tidlegare på å hindre plage og sikre god bukvalitet. I tillegg bidreg Miljødirektoratet med mellom anna rettleiing til både kommunar og styresmakter for å bidra til at retningslinja blir teken i bruk i større grad enn i dag.

2.5 Klima

Nasjonale mål:

  • Noreg har under Parisavtalen teke på seg ei forplikting om å redusere utsleppa av klimagassar med minst 55 pst. innan 2030 samanlikna med 1990.

  • Noreg skal vere klimanøytralt frå og med 2030.

  • Noreg har lovfesta eit mål om å bli eit lågutsleppssamfunn i 2050.

  • Som eit delmål på vegen mot netto-null-utslepp og lågutsleppssamfunnet har regjeringa sett eit omstillingsmål for heile økonomien i 2030. Dette er formulert som eit mål om å kutte norske utslepp med 55 pst. samanlikna med 1990.

  • Medverke til at redusert og reversert tap av tropisk skog gjev eit meir stabilt klima, meir bevart naturmangfald og ei meir berekraftig utvikling

  • Det er eit nasjonalt mål at samfunnet skal førebuast på og tilpassast til klimaendringane.

Resultatområdet klima omfattar arbeidet med å redusere utslepp og auke opptak av klimagassar, internasjonal klimafinansiering og klimatilpassing. Ein nærmare omtale av dei nasjonale måla er å finne i det særskilde vedlegget Regjeringens klimastatus og -plan.

Dei nasjonale måla for klima er forankra gjennom klimaforliket (Innst. 390 S (2011–2012) til Meld. St. 21 (2011–2012) Norsk klimapolitikk) og Stortingets behandling av stortingsmeldinga om ny utsleppsforplikting for 2030 (Innst. 211 S (2014–2015) til Meld. St. 13 (2014–2015) Nye utslippsforpliktelser for 2030 – en felles løsning med EU), samtykkeproposisjonen om felles oppfylling med EU av utsleppsmålet for 2030 (Prop. 94 S (2018–2019)), den førre stortingsmeldinga om klimatilpassing i Noreg (Meld. St. 33 (2012–2013)), proposisjonen om samtykke til ratifikasjonen av Parisavtalen (Innst. 407 S (2015–2016) til Prop. 115 S (2015–2016)), lov om klimamål (klimalova) av 16. juni 2017, Noregs innmelding av forsterka mål til Parisavtalen den 3. november 2022 og Klimaplan for 2021–2030 (Meld. St. 13 (2020–2021)). Omstillingsmålet for 2030 er nedfelt i Hurdalsplattforma og presisert i revidert nasjonalbudsjett 2022 (Meld. St. 2 (2021–2022)).

Noregs nasjonalt fastsette bidrag under Parisavtalen er å redusere utsleppa med minst 55 pst. innan 2030 samanlikna med 1990-nivå. Målet vart styrkt i november 2022, og regjeringa fremja i april 2023 ein proposisjon til Stortinget (Prop. 107 L (2022–2023)) for å oppdatere lovteksten i tråd med det auka målet. Målet om at Noreg skal bli eit lågutsleppssamfunn i 2050, er òg lovfesta i klimalova. Innan 2050 skal klimagassutsleppa reduserast med 90–95 pst. samanlikna med utsleppsnivået i 1990. Sjå nærmare omtale av 2050-målet i det særskilde vedlegget Regjeringens klimastatus og -plan. Regjeringa la i juni 2023 fram ei ny stortingsmelding om klimatilpassing. I meldinga foreslår regjeringa å utvide det nasjonale målet for klimatilpassing slik at det også gjeld økosystema: «Samfunnet og økosystema skal førebuast på og tilpassast til klimaendringane.»

Figur 2.1 Tonn utslepp av CO2-ekvivalentar, per person.

Figur 2.1 Tonn utslepp av CO2-ekvivalentar, per person.

Kjelde: SSB-tabell 08940 og 07459.

Figur 2.2 Utslepp per mill. kroner bruttoprodukt (faste 2015-prisar).

Figur 2.2 Utslepp per mill. kroner bruttoprodukt (faste 2015-prisar).

Utsleppsintensitetane blir berekna etter definisjonane i nasjonalrekneskapen, det vil seie at utslepp til luft frå all norsk økonomisk aktivitet blir berekna. For rapportering til Kyotoprotokollen og andre internasjonale rapporteringar for utslepp til luft blir det nytta ein geografisk definisjon av Noreg, og utsleppstala er i hovudsak fordelte etter kjelder (prosessutslepp og utslepp frå stasjonær og mobil forbrenning), uavhengig av kva for næringar som genererer aktivitetane. Produksjon blir erstatta med konsum for hushalda.

Kjelde: SSB-tabell 09298.

I utsleppsrekneskapen til Statistisk sentralbyrå var Noregs utslepp i 2022 på 48,9 mill. tonn CO2-ekvivalentar, om lag 0,16 mill. tonn lågare enn året før (sjå tabell 2.2). Opptak og utslepp i skog- og arealbrukssektoren er ikkje med i denne utsleppsrekneskapen. Klimagassutsleppa nådde ein topp i 2007 med 56,6 mill. tonn CO2-ekvivalentar, men har sidan blitt redusert noko – dette trass i at Noreg har hatt ein vesentleg vekst i folketalet og i økonomien. Klimagassutsleppa per person har gått ned frå 12,1 tonn CO2-ekvivalentar per person i 2007 til 9,0 tonn i 2022 (sjå figur 2.1).

Petroleumssektoren er den største utsleppskjelda i Noreg, tett følgd av industri og vegtrafikk. Sjå nærmare i tabell 2.2 og omtale i særskilt vedlegg Regjeringas klimastatus og -plan.

Tabell 2.2 Utslepp av klimagassar. Mill. tonn CO2-ekvivalentar (førebelse tal for 2022).

Mill. tonn i 2022

Endring i pst.

Sidan 1990

2007–2022

2015–2022

2021–2022

Utslepp frå norsk territorium

48,9

-4,7

-13,7

-10,6

-0,5

Av dette:

Olje- og gassutvinning

12,2

47,9

-20,1

-18,7

-0,3

Industri og bergverk

11,6

-39,8

-19,1

-2,6

-0,7

Vegtrafikk

8,7

17,0

-13,4

-15,3

0,0

Luftfart, sjøfart, fiske, motorreiskap m.m.

7,7

45,4

9,9

3,2

3,1

Jordbruk

4,6

-6,9

0,4

-1,1

-2,1

Energiforsyning

1,4

322,0

51,8

-18,0

-16,5

Oppvarming i andre næringar og hushald

0,6

-77,5

-63,9

-33,3

12,3

Andre kjelder

2,1

-30,9

-26,1

-23,6

-2,0

Tala inkluderer ikkje utanriks sjø- og luftfart og opptak eller utslepp frå skog og arealbruk.

Kjelde: Statistisk sentralbyrå

Den globale klimaavtalen som vart vedteken i Paris i desember 2015, legg grunnlaget for norsk klimapolitikk. Regjeringa ratifiserte Parisavtalen i juni 2016, i tråd med Stortingets samtykke (Prop. 115 S (2015–2016)). På grunnlag av innstillinga til proposisjonen om samtykke til ratifikasjon av Parisavtalen, Innst. 407 S (2015–2016), har Stortinget vedteke at regjeringa skal leggje til grunn at Noreg frå og med 2030 skal vere klimanøytralt. Det inneber at Noreg skal sørgje for klimareduksjonar tilsvarande norske utslepp årleg frå 2030. Ein nærmare omtale av regjeringa sin plan for nasjonale utsleppsreduksjonar finst i kapittel 3 i det særskilde vedlegget Regjeringas klimastatus og -plan.

Lov om klimamål (klimalova) lovfestar klimamåla for 2030 og 2050. Regjeringa rapporterer om arbeidet med å nå klimamåla for 2030 og 2050 i rapporteringa etter klimalova, sjå kapittel 4 i det særskilde vedlegget Regjeringas klimastatus- og plan. Noregs klimamål under Parisavtalen vart styrkt i november 2022 og går ut på å redusere utsleppa av klimagassar med minst 55 pst. i 2030 samanlikna med nivået i 1990. Regjeringa fremja i april 2023 ein proposisjon til Stortinget (Prop. 107 L (2022–2023)) for å oppdatere lovteksten i tråd med det auka målet. Regjeringa ønskjer å oppfylle det forsterka målet saman med EU. Gjennom klimaavtalen med EU har Noreg allereie forplikta seg til å samarbeide med EU om å redusere utsleppa med minst 40 pst. innan 2030 samanlikna med 1990-nivå. EU melde i desember 2020 inn eit forsterka klimamål under Parisavtalen. Det forsterka målet deira er å redusere netto utslepp med minst 55 pst. innan 2030.

Meld. St. 13 (2020–2021) Klimaplan for 2021–2030 vart lagd fram i 2021. Meldinga fekk tilslutning i Stortinget og vart lagd til grunn for Støre-regjeringa sitt arbeid med å oppfylle forpliktinga Noreg har under Parisavtalen om utsleppskutt på minst 55 pst. i samarbeid med EU.

Som eit delmål på vegen mot netto-null-utslepp og lågutsleppssamfunnet har regjeringa sett eit omstillingsmål for heile økonomien i 2030. Dette er formulert som eit mål om å kutte norske utslepp med 55 pst. samanlikna med 1990.

Det inneber at regjeringa har eit nasjonalt mål om å omstille både kvotepliktig og ikkje-kvotepliktig sektor. Formålet er at heile det norske næringslivet skal omstille seg i retning lågutsleppssamfunnet. Ein nærmare omtale av klimamåla og klimaavtalen med EU, og ein omtale av forslaget frå Europakommisjonen til forsterka klimaregelverk som vart lagt fram sommaren 2021, er å finne i kapittel 2 i det særskilde vedlegget Regjeringas klimastatus- og plan.

For 2050 er målet at Noreg skal bli eit lågutsleppssamfunn. Med lågutsleppssamfunn er det meint eit samfunn der klimagassutsleppa – ut frå beste vitskaplege grunnlag, utsleppsutviklinga globalt og nasjonale omstende – er reduserte for å motverke skadelege verknader av global oppvarming slik det er gjort greie for i Parisavtalen artikkel 2 nr. 1 bokstav a (temperaturmålet). Klimagassutsleppa skal reduserast med 90–95 pst. Ved vurdering av måloppnåinga skal det takast omsyn til effekten av EUs kvotesystem. Regjeringa sette i august 2021 ned eit offentleg utval som skal gjere ei heilskapleg utgreiing av vegvala Noreg står overfor for å nå klimamålet for 2050. Utvalet skal levere rapporten sin 1. november 2023.

I tillegg til den nasjonale innsatsen medverkar Noreg til globale utsleppsreduksjonar gjennom mellom anna innsats for å bevare tropisk skog i utviklingsland. Innsatsen skjer gjennom Klima- og skoginitiativet, som er ein del av norsk offentleg bistand. Klima- og skoginitiativet er eit resultat av klimaforliket i 2008 og vart vidareført i forliket i 2012. Gjennom Meld. St. 24 (2016–2017) Felles ansvar for felles fremtid er det vedteke at initiativet skal førast vidare på eit høgt nivå fram til 2030. Klima- og skoginitiativet har som mål å medverke til at redusert og reversert tap av tropisk skog gjev eit meir stabilt klima, meir bevart naturmangfald og ei meir berekraftig utvikling. Initiativet har inngått partnarskap med ei rekkje sentrale skogland konsentrerte rundt dei tre store regnskogbassenga i verda: Amazonas, Kongobassenget/Sentral-Afrika og Indonesia.

Noreg har eit mål om å doble klimafinansieringa til utviklingsland frå 7 mrd. kroner i 2020 til 14 mrd. kroner i 2026. Nivået for dette målet blei nådd i 2022, da norsk klimafinansiering var på 15,5 mrd. kroner. Den store auken i klimafinansieringa i 2022 kjem hovudsakleg av mobilisert privat kapital utløyst av offentlege midlar.

Regjeringa foreslår å opprette ein ny statleg garantiordning for fornybar energi med ein garantiramme på 5 mrd. kroner i ein prøveperiode på fem år. Formålet med garantiordninga er auka investeringar i fornybar energi i utviklingsland. Ordninga skal mobilisere privat kapital som bidreg til dette. Norad vil ha det heilskaplege ansvaret for å forvalte ordninga og for at ordninga går i balanse på lang sikt. Norfund får i oppdrag å sørgje for ekstern kvalitetssikring av risikovurderingar.

Det grøne klimafondet er hovudkanalen for klimafinansiering under klimakonvensjonen. Regjeringa gjev eit bidrag til Det grøne klimafondet på 800 mill. kroner årleg i perioden 2024–2027. For å utløyse ytterlegare klimainnsats internasjonalt prioriterer Noreg i tillegg samarbeid om utsleppsreduksjonar gjennom kvotekjøp, utvikling av nye marknadsmekanismar og støtte til ulike kapasitetsbyggingsprogram.

Klima- og skoginitiativet og annan internasjonal innsats er nærmare omtalte i del II, programkategori 12.70 og i Prop. 1 S (2023–2024) for Utanriksdepartementet.

Samfunnet og økosystema skal førebuast på og tilpassast til klimaendringane. Klimaet endrar seg allereie, og endringane påverkar både natur og samfunn. Menneskeskapte klimaendringar er ei av dei viktigaste årsakene til det akselerande og dramatiske tapet av naturmangfald som blir observert over heile kloden. Den sterke samanhengen mellom tilstanden til naturen og sårbarheita samfunnet har for klimaendringar, gjer at tiltak for klimatilpassing, utsleppsreduksjonar og natur må sjåast i samanheng. Robuste og sunne økosystem kan levere viktige økosystemtenester som temperaturregulering, flaumdemping, skredførebygging, vassregulering og ivaretaking av grunnvatnet, beskyttelse av kystområde mot havnivåstiging og erosjon. På den måten kan økosystem vere eit viktig klimatilpassingsverktøy for samfunnet. Regjeringa legg difor særleg vekt på verdien økosystema har for klimatilpassing, og foreslår å utvide det nasjonale målet for klimatilpassing slik at det også gjeld økosystema. Regjeringa styrkjer innsatsen for klimatilpassing og la i juni 2023 fram ei ny stortingsmelding om klimatilpassing, Klima i endring – sammen for et klimarobust samfunn. Stortingsmeldinga inneheld planen regjeringa har for det nasjonale arbeidet med klimatilpassing for perioden 2024–2028. Planen inneheld tiltak i mange sektorar, mellom anna samfunnstryggleik landbruk, helse, samferdsel og bistand. Eit viktig formål med stortingsmeldinga er å leggje eit rammeverk for ein integrert og samordna innsats for klimatilpassing. Eit forbetra styringssystem for det nasjonale klimatilpassingsarbeidet skal bidra til at omsynet til eit klima i endring blir vurdert og implementert systematisk i alle sektorar, og til at arbeidet blir meir heilskapleg og betre samordna. Regjeringa innfører òg nasjonale klimasårbarheitsanalysar som skal gje meir kunnskap om risiko og sårbarheit. Styringssystemet skal òg gje betre rutinar for å justere innsatsen og styrkt samordning.

Det er gjeve ein utfyllande omtale av status på klimatilpassingsarbeidet i kapittel 7 i det særskilde vedlegget Regjeringas klimastatus og -plan.

2.6 Polarområda

Nasjonale mål:

  • Omfanget av villmarksprega område på Svalbard skal haldast ved lag.

  • Naturmangfaldet på Svalbard skal bevarast tilnærma upåverka av lokal aktivitet.

  • Dei 100 viktigaste kulturminna og kulturmiljøa på Svalbard skal sikrast gjennom ei føreseieleg og langsiktig forvaltning.

  • Negativ menneskeleg påverknad og risiko for påverknad på miljøet i polarområda skal reduserast.

Noreg har eit særskilt ansvar som miljøforvaltar i nordområda og på Svalbard, og eit av hovudmåla for norsk svalbardpolitikk er å ta vare på den særeigne villmarksnaturen på Svalbard. Dei spesifikke miljømåla for Svalbard går fram av Meld. St. 32 (2015–2016) Svalbard, jf. Innst. 88 S (2016–2017). Der er det slått fast at innanfor dei rammene traktats- og suverenitetsmessige omsyn set, skal miljøomsyn vege tyngst ved konflikt mellom miljøvern og andre interesser.

Målet om å halde omfanget av villmarksprega område på Svalbard ved lag, er følgt opp gjennom eit omfattande vern av område og strenge reglar når det gjeld nye naturinngrep som kan påverke villmarksprega område. Målet er også følgt opp gjennom restaurering av naturen i gruveområda i Svea og Lunckefjell etter at gruveverksemda der vart avvikla i 2017, og gjennom opprettinga av Van Mijenfjorden nasjonalpark i 2021.

Klimaendringane på Svalbard skjer raskt og har allereie konsekvensar for naturen og kulturmiljøa på Svalbard. Desse konsekvensane vil bli større etter kvart som temperaturane held fram med å stige og sjøisen minkar enda meir. Spesielt utsett er artar som er avhengige av sjøis, slik som ringsel og isbjørn, og artar som er sterkt påverka av endringar i det marine miljøet, slik som sjøfugl. Endringar i tilgangen på føde som følgje av klimaendringar blir alt i dag rekna som ei hovudårsak til nedgang i bestandane hos nokre av dei høgarktiske fugle- og dyreartane.

Ein sterk vekst i turisme og forsking på Svalbard over mange år har òg ført til auka belastning på sårbart naturmiljø og kulturminne. Veksten i cruiseturisme med ilandstiging på stader som ofte er sårbare, er ei særleg utfordring og kan føre med seg forstyrring av dyrelivet, skadar og slitasje på terreng, vegetasjon og kulturminne. Det er dokumentert hos fleire artar at forstyrring kan føre til redusert bruk av viktige leveområde.

Forvaltninga må sjå til at ferdsel og anna verksemd skjer innanfor rammer som sikrar at den samla miljøbelastninga ikkje blir for stor.

Dei fleste artane på Svalbard er freda, men det er opent for avgrensa jakt, fangst og fiske på artar som rein, rype, fjellrev og røye og nokre artar av sel og sjøfugl. Klimaendringane endrar livsvilkåra for desse artane, noko som gjer det meir krevjande å sikre at dei blir forvalta på ein heilskapleg måte i samsvar med målet om at naturmangfaldet skal bevarast tilnærma upåverka av lokal aktivitet.

Introduserte framande artar kan lettare etablere seg når klimaet blir varmare. Dette utgjer ein aukande miljøtrussel i Arktis og på Svalbard.

I grunnen i lokalsamfunna ligg forureining frå gruveverksemd, oljeboring, deponi mv. frå tidlegare tider og dessutan PFAS frå brannøving. Permafrost har blitt brukt som barriere mot spreiing av forureining, mellom anna i deponi og som sikring av tankanlegg. Klimaendringar fører til smelting av permafrosten og auka erosjon, som kan føre til auka utvasking og spreiing av forureining. Forvaltninga vil arbeide med å vurdere og kartleggje kvar det kan liggje forureining i grunnen som kan føre til skade på helse og miljø.

Freda bygningar på Svalbard er i all hovudsak bygde på permafrost. Ein kan måle at temperaturen i dei øvre laga i bakken stig kontinuerleg, og laget som tinar kvar sommar, blir stadig djupare. Dette skaper utfordringar for bygningsfundament og infrastruktur og forsterkar naturlege nedbrytingsprosessar. Klimaendringar fører også til at flaum og skred vil kunne skje oftare og påføre bygg og andre kulturmiljø skade.

Klimaendringar i form av høgare temperaturar og meir nedbør medverkar til auka kysterosjon. Dette utgjer ein aukande trussel mot kulturmiljø som ligg langs kysten. Som følgje av dette opplever forvaltninga ein auke i saker der kulturmiljø står i direkte fare for å bli øydelagde eller gå tapt. Særeigne forhold knytte til vêr, infrastruktur og geografi gjer det praktisk utfordrande og kostnadskrevjande å ta vare på kulturmiljø på Svalbard. For å gjere nødvendige prioriteringar i arbeidet med å sikre kulturmiljø er det også nødvendig å forbetre kunnskapsgrunnlaget på området.

Forsøpling og mikroplast i arktiske havområde, inkludert på strendene rundt Svalbard, er eit stort og aukande problem. Noreg deltek aktivt i det arktiske samarbeidet om å redusere marin forsøpling og mikroplast. Sysselmeisteren bidreg mellom anna med strandopprydding på Svalbard.

Russlands angrepskrig mot Ukraina har endra føresetnadene for det regionale miljøsamarbeidet i nord. Grensekryssande utfordringar knytte til klima, miljø og biologisk mangfald må framleis handterast, og det er viktig for Noreg å halde i gang internasjonale samarbeidsforum i nord. Sidan 1996 har Arktisk råd vore ein viktig arena for å handtere spørsmål av felles interesse for dei arktiske statane, med vekt på miljø og klima. Arktisk råd gjev også viktig kunnskapsgrunnlag for internasjonale avtalar om forureining og klima og for nasjonal forvaltning.

Noreg leier arbeidet i Arktisk råd i perioden 2023–2025. Dette er den viktigaste utanrikspolitiske nordområdesatsinga i denne perioden. Noreg vil konsentrere seg om kjerneoppgåvene til rådet og føre vidare dei lange linjene i arbeidet rådet gjer. Fire hovudtema for den norske leiarskapen reflekterer langsiktige prioriteringar i norsk nordområdepolitikk: hav, klima og miljø, berekraftig økonomisk utvikling og folk i nord. Målet regjeringa har sett seg for leiarskapen, er å sikre at Arktisk råd overlever som det viktigaste multilaterale forumet for arktiske spørsmål.

Tidlegare har det vore eit breitt og omfattande miljøvernsamarbeid under den norsk-russiske miljøvernkommisjonen, med tanke på forvaltning av økosystem, artar og naturressursar i grenseområda og Barentshavet. Som følgje av Russlands angrepskrig mot Ukraina må styresmaktsamarbeidet med Russland på miljøområdet vente. Aktivitetar som er viktige for Noreg, til dømes miljøovervaking, vil halde fram på norsk side. Desse aktivitetane er også viktige bidrag til internasjonalt miljøarbeid. Miljøsamarbeidet i Barentsregionen vil halde fram i samarbeid med Sverige og Finland. Dette inkluderer aktivitetar i barentsrådsamanheng.

I Antarktis har Noreg, som part til Antarktistraktaten, forplikta seg til eit omfattande vern av miljøet. Noreg skal vere ein pådrivar for å verne om miljøet i Antarktis og tryggje dette området som eit referanseområde for forsking i samband med den viktige stillinga dette området har når det gjeld globale klima- og miljøendringar.

Det siste tiåret er det gjennomført ei rekkje miljøtiltak i tråd med miljøprotokollen, og Antarktis står i dag fram som eit av dei siste store urørte naturområda i verda. Marine verneområde er viktige områdebaserte tiltak, mellom anna for å ta vare på og sikre berekraftig bruk av marine ressursar og økosystem. I 2016 vart marine verneområde i Rosshavet vedtekne. Noreg deltek aktivt i arbeidet med nye marine verneområde i Antarktis. Under Konvensjonen for bevaring av marine levande ressursar i Antarktis (CCAMLR) har Norsk Polarinstitutt leidd arbeidet med eit forslag til eit marint verneområde i havet utanfor Dronning Maud Land. Dette forslaget skal Noreg saman med fleire andre partsland leggje fram på det årlege møtet under CCAMLR hausten 2023.

Dei siste tiåra er det registrert betydeleg oppvarming over enkelte delar av Antarktis, og store flak av isbremmane går av og driv til havs. Den sjette hovudrapporten frå FNs klimapanel peiker på at vi treng meir kunnskap om Antarktis og kva endringane i ismassane og havet der vil ha å seie for det globale klimaet og havnivået i framtida. Det er ei prioritert forskingsoppgåve å få meir kunnskap om samspelet mellom isbremmane, innlandsisen og havet og kva dette inneber for framtidig havnivåstiging og andre globale klima- og miljøspørsmål.

Forskingsstasjonen Troll i Dronning Maud Land er den viktigaste plattforma for norsk forsking i Antarktis. Stasjonen nærmar seg slutten av levetida si, og Statsbygg har utarbeidd ei konseptutvalutgreiing for oppgradering av forskingsstasjonen. Våren 2023 vedtok regjeringa valet av konsept for det videre arbeidet med oppgraderinga: eit heilt nytt bygg med plass til 65 brukarar, som kan stå klart rundt 2032. Norsk Polarinstitutt er i gang med infrastrukturprosjektet Troll Observing Network, med støtte frå Forskingsrådet. Prosjektet skal etablere eit nettverk av åtte vitskaplege observatorium ved Trollstasjonen og vil vere eit stort løft for norsk antarktisforsking.

3 Hovudprioriteringar i Klima- og miljødepartementets budsjett for 2024

Forslaget til budsjett for Klima- og miljødepartementet har ei utgiftsramme på 23 356,360 mill. kroner i 2024, mot 22 439,833 mill. kroner i 2023. Dette er ein netto auke på 916,5 mill. kroner, eller 4,1 pst. frå saldert budsjett 2023.

Regjeringa vil føre ein ambisiøs klima- og miljøpolitikk. Klima- og miljømåla skal nåast, og økonomien må innrettast mot å bli stadig meir fornybar, sirkulær og berekraftig. På få år skal heile den norske økonomien og samfunnet endrast til eit samfunn med låge utslepp. Samstundes må naturen som vårt felles livsgrunnlag takast vare på for noverande og kommande generasjonar. Omfanget til og alvoret i klimaendringane tilseier at vi er nøydde til å tilpasse oss eit endra klima, parallelt med at utslepp av klimagassar må reduserast kraftig, både i Noreg og globalt. Vi må omstille oss til å bli eit lågutsleppssamfunn som også er klimarobust, noko som inneber at ein varetek økosystema i ei berekraftig utvikling. Noreg skal vere ein pådrivar i det internasjonale klimaarbeidet for å nå måla i Parisavtalen og omstille seg slik at vi oppfyller klimaforpliktingane våre. Noreg skal òg følgje opp det globale Kunming-Montreal-rammeverket for naturmangfald (naturavtalen) og bidra til å stanse og reversere tapet av naturmangfald nasjonalt og globalt.

Regjeringas klimastyringssystem skal systematisere arbeidet til regjeringa for å nå klimamåla og leggje til rette for at desse kan bli nådde. Klimapolitikken blir utvikla i mellom anna jamlege klimameldingar til Stortinget og regjeringas årlege klimastatus og -plan. Her legg regjeringa fram status for korleis Noreg ligg an til å nå klimamåla, og kva planar regjeringa har for å nå måla. Som del av klimastyringssystemet er det etablert mellom anna eit årshjul som er synkronisert med arbeidet med statsbudsjettet. Det skal bidra til at omsynet til klima er vareteke i relevante avgjerdsprosessar, gje informasjon om korleis vi ligg an til å nå klimamåla våre, og synleggjere eventuelle behov for styrkt innsats.

Utgiftene under Klima- og miljødepartementet aleine gjev ikkje eit fullstendig uttrykk for regjeringa sine samla politiske prioriteringar av klima og miljø. Klimapolitikken er sektorovergripande. Viktige klimapolitiske satsingar ligg òg under budsjetta for andre departement. I tillegg blir mykje av klima- og miljøpolitikken ført ved hjelp av skattar, avgifter og regulering. Rapporteringa og framdrifta i klimapolitikken skal vere godt tilgjengeleg for allmenta. Regjeringas klimastatus og -plan er difor eit særskilt vedlegg til denne proposisjonen.

Som eit delmål på vegen mot netto-null-utslepp og lågutsleppssamfunnet har regjeringa sett eit omstillingsmål for heile økonomien i 2030. Dette er formulert som eit mål om å kutte norske utslepp med 55 pst. samanlikna med 1990. Det inneber at regjeringa har eit nasjonalt mål om å omstille både kvotepliktig og ikkje-kvotepliktig sektor. Tiltak for å redusere klimagassutslepp og tilpasse samfunnet til klimaendringane er ei av hovudprioriteringane for regjeringa.

Enova er eit viktig klima- og energiverkemiddel. Gjennom å støtte opp under seinfase teknologiutvikling og tidleg marknadsintroduksjon medverkar Enova til utsleppsreduksjonar og grøn teknologiutvikling innan område som industri, grøn skipsfart, hydrogen, utsleppsfri landtransport og infrastruktur for nullutsleppsdrivstoff. Enova er eit spesialverktøy for å fremje innovasjon og utvikling av nye klima- og energiløysingar. Støtte frå Enova skal avlaste risiko og kostnader for dei som er først ute med å teste nye løysingar. Aktiviteten skal innrettast med sikte på å oppnå varige marknadsendringar slik at løysingar tilpassa lågutsleppssamfunnet på sikt blir føretrekte utan støtte.

Gjennom eit grønt industriløft vil regjeringa leggje til rette for den grøne omstillinga i industrien. I juni 2022 la regjeringa fram «Veikart for et grønt industriløft» med planar og strategier for korleis Noreg skal auke verdiskaping og redusere utslepp i norsk økonomi. Vegkartet har sju innsatsområde innan havvind, batteri, hydrogen, CO2-handtering, prosessindustri, den maritime verdikjeda og skog- og trenæringa og annan bioøkonomi. I løpet av hausten 2023 vil eit oppdatert vegkart for grønt industriløft leggjas fram. Denne versjonen inneheld to nye innsatsområde om solindustri og produksjonsindustri, som er sentrale for den grøne omstillinga av norsk økonomi og næringsliv. Vegkartet peiker også på kor viktig samarbeid er, både med industri og med partnarar i arbeidslivet og med andre land. Den grøne omstillinga må skje raskt og vere rettferdig. Regjeringa har etablert eit råd for rettferdig omstilling i arbeidslivet og har dialog om klimapartnarskap med næringslivet.

Grøn skipsfart er ein viktig del av arbeidet for å innfri klimaforpliktingane våre. Det er ein ambisjon om å halvere utsleppa frå innanriks sjøfart og fiske innan 2030 og stimulere til utvikling av null- og lågutsleppsløysingar i alle fartøykategoriar. Utviklinga i retning av nullutslepp har komme lengst innanfor ferjesektoren. Regjeringa foreslår å føre vidare ordninga for innfasing av hurtigbåtar med null- og lågutsleppsløysingar i fylkeskommunale samband. Regjeringa foreslår òg å føre vidare satsinga på utvikling av nullutsleppsløysingar for store fartøy under Forskingsrådet.

Europas grøne giv er den mest ambisiøse grøne omstillinga gjennom tidene. Regelverksutviklinga går i eit tempo og med eit ambisjonsnivå som utfordrar forvaltninga vår både i omfang, organisering og når det gjeld måten ho er innretta på. Det er naudsynt å styrkje forvaltninga for å vareta dette arbeidet.

Regjeringa er i gang med eit krafttak for naturen for å sikre eit mangfald av økosystem i god tilstand, at økosystema leverer økosystemtenester, hindre tap av artar og naturtypar og sikre eit representativt utval av natur for kommande generasjonar. Økosystema er grunnlaget for produksjon av mat, medisinar og ei rekkje materiale. Dei reinsar luft og vatn, bind karbon, beskyttar mot flaum, ras, storm og erosjon og tilbyr fysiske og åndelege opplevingar. Velfungerande økosystem vil også gjere naturen meir robust mot klimaendringane vi står overfor. Regjeringa vil styrkje evna naturen sjølv har til å fange og lagre klimagassar, ved å restaurere myr og annan natur som bind og lagrar karbon. Restaurering er eit viktig tiltak for å betre tilstanden til ringare natur. For å stimulere til auka lokal innsats på restaurering av natur foreslår regjeringa å opprette ei ny tilskotsordning for naturrestaurering retta mot kommunar, organisasjonar og private tiltakshavarar. Regjeringa har sett av 10 mill. kroner til denne ordninga og har òg lagt til 5 mill. kroner på restaureringsmidlane som går til statlege tiltak.

Naturavtalen som vart forhandla fram i Montreal i desember 2022, set globale mål som utgjer eit vegkart til å snu det globale tapet av natur og nedbrytinga av økosystem som vi ser i dag. Noreg hadde ei sentral rolle i forhandlingane og medverka til ein ambisiøs avtale. Regjeringa har høge ambisjonar for å stoppe det globale tapet av naturmangfald. Regjeringa har starta arbeidet med ei stortingsmelding som viser korleis Noreg skal følgje opp naturavtalen og bidra til at verda når dei globale måla. Denne meldinga vil vere Noreg sin nye handlingsplan for natur.

I mellomtida vil stortingsbehandlinga av den gjeldande handlingsplanen for Noreg, Meld. St. 14 (2015–2016) Natur for livet, framleis liggje til grunn for arbeidet med å ta vare på norsk natur. Langsiktig og berekraftig forvaltning av naturressursane er grunnprinsippet i miljøpolitikken til regjeringa.

Regjeringa har sett i gang fleire store systemforbetringar for ein meir kraftfull naturpolitikk. Eit godt kunnskapsgrunnlag om naturmangfald er avgjerande i arbeidet med ei økosystembasert forvaltning. Regjeringa er i gang med å etablere ein meny av tiltak som skal bidra til å ta vare på eit mangfald av økosystem i god økologisk tilstand, og skog er første økosystem ut. Regjeringa sette i 2022 ned eit utval som skal greie ut naturrisiko. Utvalet skal vurdere kva for risiko tap eller øydelegging av natur og endring i rammevilkår har for ulike næringar og sektorar, og korleis dei kan analysere og handtere dette på best mogleg måte. Utvalet skal også vurdere korleis ein på nasjonalt nivå kan analysere og framstille naturrisiko. Utvalet leverer NOU-en sin i løpet av 2023.

Regjeringa foreslår å setje av 10 mill. kroner til arbeidet med å utvikle ein naturrekneskap for Noreg. Naturrekneskapen tek utgangspunkt i FNs standard for naturrekneskap og skal vise kor mykje natur vi har (areal), tilstanden til naturen og kva for økosystemtenester han leverer. Saman med SSB og fleire er Miljødirektoratet i gang med dette utviklingsarbeidet. I 2023 har Miljødirektoratet sett saman eksisterande og lett tilgjengeleg kunnskap om naturareal, tilstand og økosystemtenester til ein førstegenerasjons naturrekneskap. Som del av arbeidet med naturrekneskap blir det også gjennomført ein pilot for eit utvalt hav- eller kystområde.

Regjeringa er i gang med eit nasjonalparkløft for å vareta nasjonalparkane som representerer det aller flottaste vi har av natur i Noreg. Nasjonalparkane er viktige fordi dei tek vare på heilskapen i økosystema, dei gjev vern av store område der naturen får større sjanse til å tilpasse seg dei klimaendringane som skjer, og dei gjev langsiktig vern mot inngrep som kan øydeleggje livsviktige område for plantar og dyr. Det er nødvendig med førebygging og varetaking, og regjeringa sette i 2023 av auka midlar for ei styrkt forvaltning av nasjonalparkane, som er foreslått vidareført i 2024.

Regjeringa har sett i verk tiltak for å sikre eit treffsikkert frivillig skogvern, mellom anna slik at ein får verna skog med viktige verneverdiar, og slik at staten ikkje tilbyr for høg erstatning for skog med låg lønnsemd med tanke på skogbruk. Regjeringa vil føre vidare skogvern som eit viktig verkemiddel for å nå nasjonale mål for naturmangfald og vil halde fram med arbeidet med å sikre at skogvernet er treffsikkert. Av omsyn til det samla budsjettopplegget i 2024 foreslår regjeringa å redusere løyvinga til frivillig skogvern med 100 mill. kroner.

Miljøtilstanden i Oslofjorden er ikkje god, og økosystemet i Skagerrak er under stort press. Regjeringa vil at Oslofjorden skal bli rein og rik igjen. Regjeringa vil raskt følgje opp Helhetlig tiltaksplan for en ren og rik Oslofjord med et aktivt friluftsliv og er i gang med eit krafttak for Oslofjorden.

Regjeringa fører ein meir restriktiv rovviltpolitikk basert på rovviltforliket og andre relevante føringar frå Stortinget. Regjeringa legg stor vekt på forvaltning av rovviltartane i tråd med bestandsmåla Stortinget har vedteke. Regjeringa foreslår å auke løyvinga til Statens naturoppsyn med 10 mill. kroner til nye faste stillingar for å styrkje rovviltarbeidet i Nordland og Troms og Finnmark og dessutan å auke løyvinga til skadefelling av rovdyr gjennomført av kommunale og interkommunale skadefellingslag med 10 mill. kroner. Regjeringa har òg varsla i regjeringserklæringa at ein vil vurdere bestandsmåla for ulv og bjørn i Noreg på nytt.

Regjeringa vil føre vidare arbeidet med bevaring av villaks. I samband med godkjenninga av oppdaterte vassforvaltningsplanar i 2022 vedtok regjeringa fleire tiltak som vil kunne vere med på å betre tilstanden for vill laksefisk. I tillegg blir det i 2024 mellom anna planlagt vidare tiltak mot spreiing av pukkellaks og gjennomført rehabilitering av fisketrapper.

Dersom økosystema og naturmangfaldet blir sikra, vil naturen kunne hjelpe til med klimatilpassing, opptak av klimagassar og andre viktige økosystemtenester. Å bevare økosystem er dermed fundamentalt for ei klimarobust utvikling. Regjeringa har difor foreslått å utvide det nasjonale målet for klimatilpassing slik at det også omfattar økosystema, og vil følgje opp mellom anna ved å satse på meir kunnskap om og rettleiing til å gjennomføre naturbaserte løysingar. Slike løysingar går ut på bruke kjende eigenskapar ved naturen til å møte ei utfordring, til dømes å dempe flaum eller overvatn, stabilisere grunn og motverke skred, samstundes som ein varetek eller forbetrar forholda for naturmangfaldet.

Regjeringa vil halde fram med arbeidet med å styrkje friluftslivet gjennom sikring og tilrettelegging av viktige friluftslivsområde og å leggje til rette for friluftsliv for alle.

Regjeringa ønskjer å gjere økonomien meir sirkulær for å halde verdiane av ressursane lenger i krinsløpet og bruke dei meir effektivt. Regjeringa fører vidare dei 30 mill. kronene som vart sette av til oppfølging av den nasjonale strategien for sirkulær økonomi. Å omstille til ein meir sirkulær økonomi vil bidra til å nå vedtekne klima- og miljømål og FNs berekraftsmål.

Det grunnleggjande arbeidet for å motverke forureiningar vil halde fram. Arbeidet med å fase ut miljøgifter og andre stoff på den norske prioritetslista blir vidareført. Regjeringa vil halde fram med arbeidet med plastforureining, mellom anna gjennom å føre vidare Noregs internasjonale leiarrolle i dette arbeidet. Under norsk leiing vart landa i verda samde om å starte forhandlingar av ein internasjonal avtale mot plastforureining på FNs femte miljøforsamling. Noreg vil arbeide for å ferdigstille avtalen innan utgangen av 2024.

Dei nasjonale måla på resultatområdet Kulturminne og kulturmiljø legg vekt på kulturmiljø som ein ressurs i samfunnsutviklinga og på kulturmiljøforvaltninga som ein del av den heilskaplege klima- og miljøforvaltninga. Som del av oppfølginga av kulturmiljømåla er det mellom anna sett i gang eit arbeid for å utvikle bevaringsstrategiar for utvalde tema.

Det er òg sett i gang arbeid med ei ny kulturmiljølov som skal erstatte kulturminnelova vi har i dag, og vere betre tilpassa utfordringane vi opplever no. Regjeringa har sett ned eit utval som i 2025 skal komme med eit forslag til ny kulturmiljølov.

Klima- og miljødepartementet legg stor vekt på ansvaret knytt til oppfølginga av Unesco sin verdsarvkonvensjon. Målsetjinga er at dei norske verdsarvområda skal utviklast som fyrtårn for den beste praksisen innan natur- og kulturmiljøforvaltning når det gjeld tilstand, forvaltning og formell beskyttelse. Prioritetsplanen for verdsarvsenter (2017–2026) ved dei norske verdsarvområda er eit viktig styringsverktøy. Planen er under revidering. Frå 2024 blir det løyvd eit årleg tilskot på 5 mill. kroner til etablering av verdsarvsenter under Klima- og miljødepartementet si tilskotsordning for støtte til nasjonale og internasjonale miljøtiltak. I 2024 går tilskotet til etablering av verdsarvsenteret på Ornes knytt til Urnes stavkyrkje.

Klima- og skoginitiativet er den viktigaste internasjonale klima- og natursatsinga til regjeringa. I tråd med føringane frå regjeringa og Stortinget er det inngått avtalar som heilt eller delvis omfattar betaling for verifiserte utsleppsreduksjonar og samstundes støttar berekraftig utvikling i skoglanda. Store land som Indonesia og Brasil har dei siste åra vist oss at politikk fungerer: Gjennom kraftfulle reformer har dei redusert øydelegginga av regnskogen. Noreg har støtta dette arbeidet. I 2024 legg regjeringa opp til at Noreg betaler for utsleppsreduksjonar i Indonesia, Costa Rica, Peru og moglegvis også i Colombia. I 2024 vil Klima- og skoginitiativet halde fram med å utvikle marknaden for sal av utsleppsreduksjonar frå tropisk skog, mellom anna gjennom å medverke til å auke privat finansiering gjennom LEAF-koalisjonen (Lowering Emissions by Accelerating Forest Finance).

Det bilaterale kvotekjøpsprogrammet under Kyoto-perioden blir avslutta i haust. For å kunne etterleve Stortingets mål om klimanøytralitet fra og med 2030 arbeider Noreg for å utvikle nye program for marknadssamarbeid i samsvar med artikkel 6 under Parisavtalen. I 2024 blir det foreslått å løyve 120 mill. kroner til internasjonalt samarbeid under artikkel 6, og å auke fullmakta for framtidige kvotekjøp.

Klima- og miljødepartementet held ved like støtta til Coalition for Climate and Clean Air (CCAC) på 8 mill. kroner. Koalisjonen jobbar for reduserte utslepp av kortliva klimaforureinarar. Slike utsleppsreduksjonar er viktige, sidan dei kan ha rask klimaeffekt. Det vil vere nødvendig for å nå måla i Parisavtalen. CCAC har òg fått ei utvida rolle som implementerande partnar for Global Methane Pledge, som Noreg slutta seg til i 2021.

Ein stor auke i turisme og forsking på Svalbard dei seinare åra har ført til meir belastning på sårbart naturmiljø og kulturmiljø. Regjeringa vil sjå til at ferdsel, hausting og anna verksemd skjer innanfor rammer som sikrar at den samla miljøbelastninga ikkje blir for stor, og er i samsvar med dei miljømåla som er sette i Meld. St. 32 (2015–2016) Svalbard. Mellom anna vil ei vidare utvikling av miljøregelverket og utarbeiding av forvaltningsplanar vere viktige oppgåver.

Endringar i permafrosten i Ny-Ålesund vil framover krevje omfattande tiltak for å halde ved like, sikre og setje i stand bygningar og annan infrastruktur som Kings Bay AS har ansvaret for. Difor vart tilskotet til Kings Bay AS auka med 10 mill. kroner i 2023, og for 2024 blir det foreslått å auke det årlege tilskotet til Kings Bay AS varig med ytterlegare 10 mill. kroner. Til saman blir dette ein varig auke på 20 mill. kroner frå 2024.

Forskingsstasjonen Troll i Dronning Maud Land er den viktigaste plattforma for norsk forsking i Antarktis. Stasjonen nærmar seg slutten av levetida si og har behov for atskilleg med oppgradering. Våren 2023 vedtok regjeringa valet av konsept for det vidare arbeidet med oppgraderinga av Trollstasjonen: eit heilt nytt bygg med plass til 65 brukarar. Prosjektet er no i gang med avklaringsfasen. Arbeid med forprosjektet startar opp i 2024. Regjeringa foreslår å setje av 25 mill. kroner til forprosjektet i 2024.

På grunn av auka kvoteprisar i EU sitt klimakvotesystem kombinert med innlemminga av eigenkraft, er det venta at kostnadene ved CO2-kompensasjonsordninga for industrien kjem til å auke til drygt 120 mrd. kroner over perioden 2021–2030 utan innstrammingar. Dei årlege utbetalingane er tett knytte til utviklinga av kvoteprisane. Utviklinga i kvoteprisane fremover er svært usikre, noko som også gjer det krevjande å estimere kostnadane til ordninga.

Kostnadane for 2024-budsjettet er venta å vere på om lag 8,8 mrd. kroner med ein eigenandel (eit kvoteprisgolv) på 200 kroner. Regjeringa vurderer at dette nivået ikkje er budsjettmessig berekraftig, og foreslår difor å auke kvoteprisgolvet i ordninga til 375 kroner i 2024-budsjettet. Ved å auke kvoteprisgolvet til 375 kroner reduseres estimerte utbetalingar frå 8,8 til 6,4 mrd. kroner i 2024-budsjettet. Sjølv med det foreslåtte kvoteprisgolvet auker løyvinga for 2024 med om lag 1,7 mrd. kroner samanligna med Saldert budsjett 2023.

Forutsigbarheit rundt ordninga er avgjerande for at den skal virke etter sitt formål. Samstundes gjer auka kvoteprisar det krevjande for staten å oppretthalde ordninga. Regjeringa vil gå i dialog med industrien om etablering av framtidige rammer i CO2-kompensasjonsordninga for å halde ordninga forutsigbar og på eit budsjettmessig berekraftig nivå. Regjeringa vil samstundes halde fram dialogen med industrien om endring av ordninga slik at ho bidreg med utsleppsreduksjonar og/eller energieffektivisering. Basert på denne dialogen, vil regjeringa i 2025-budsjettet foreslå ei langsiktig løysing av ordninga.

4 Klima- og miljøprofilen i statsbudsjettet

For å nå dei nasjonale klima- og miljømåla må alle sektorar i samfunnet medverke. Regjeringa fører ein brei klima- og miljøpolitikk som inkluderer verkemiddel på resultatområda omtalte i kapittel 2 og verkemiddel innanfor ansvarsområda til andre departement.

Det er samstundes viktig å understreke at klima- og miljøpolitikken ikkje først og fremst er løyvingar og budsjettpostar. Arbeid for eit betre miljø og reduserte klimagassutslepp handlar i stor grad om avgjerder som ikkje har direkte konsekvensar for statsbudsjettet. Til dømes vil planlegging av arealbruk vere viktig, det same er regulering av tillatne grenseverdiar for forureining.

Klima- og miljøprofilen i statsbudsjettet omfattar satsingar på heile miljøområdet, det vil seie innsats for å ta vare på naturmangfaldet og kulturminne og kulturmiljø, medverke til auka friluftsliv, redusere forureining og klimagassutslepp og negative verknader av klimaendringane.

Det er ikkje enkelt å avgrense utgifter til slike tiltak på ein god måte. Mange tiltak kan grunngjevast på fleire måtar og skal medverke til å nå ulike mål. Tiltaka er svært ulike òg: Nokre tiltak er langsiktige, slik som forsking, medan andre har meir direkte verknader. Tabellane og beløpa under må difor tolkast med varsemd og bør berre sjåast som ei omtrentleg oversikt over dei viktigaste nye klima- og miljøpolitiske satsingane til regjeringa.

Tabell 4.1 Viktige satsingar i statsbudsjettet for 2024 under Klima- og miljødepartementet (auke frå saldert budsjett 2023

(i 1 000 kroner)

Tiltak

Kap. og post

Utgifter

Europas grøne giv og Klar for 55

1420.01

10 000

Utvikling av naturrekneskap

1420.21

10 000

Naturrestaurering

1420.31 og 80

15 000

Styrking av Statens naturoppsyn med faste stillingar i Nord-Noreg

1420.01

10 000

Styrking av kommunale/interkommunale skadefellingslag for rovvilt, oppfølging RNB 2023

1420.73

10 000

Auka drift- og investeringstilskot til Kings Bay AS

1473.70

10 000

Satsingsforslaga til Klima- og miljødepartementet er omtalte i kapittel 3 Hovudprioriteringar i Klima- og miljødepartementets budsjett for 2024.

Tabell 4.2 Viktige satsingar i statsbudsjettet for 2024 som gjev tydeleg klima- og miljøgevinst, på områda til andre departement

(i 1 000 kroner)

Tiltak

Departement

Utgifter

Satsing på grøn omstilling

NFD

430 000

Tiltak på det nukleære område

NFD

205 200

Bionova

LMD

83 600

Tilskot til byområde

SD

207 800

Auka finansiering av store kollektivprosjekt

SD

190 500

Tinnosbanen

SD

40 000

Raskare utbygging av havvind

OED

170 000

Styrking av energistyresmaktene

OED

60 000

Energieffektivisering og energisparing

OED

495 000

Førebygging av flaum- og skredskadar

OED

50 000

Teknologisenter Mongstad – ny driftsavtale frå 2024

OED

85 000

Regjeringa vil føre ein offensiv klima- og miljøpolitikk og medverke til ein grøn omstilling av norsk økonomi. Som det går fram av tabell 4.1 og 4.2, er klima eit hovudsatsingsområde for regjeringa. Innrettinga av avgifter er eit sentralt verkemiddel for klimapolitikken til regjeringa. For detaljer om avgifter og avgiftsendringar i 2024-budsjettet, sjå Prop. 1 LS frå Finansdepartementet.

For ein omtale av klima- og miljøpolitikken til dei ulike departementa, sjå kapittel 8 i denne proposisjonen. Alle departementa har òg ein eigen klima- og miljøomtale i sine respektive proposisjonar. Vi viser også til det særskilde vedlegget Regjeringas klimastatus og -plan.

Under er ein kort omtale av satsingane i forslaget til statsbudsjett for 2024 som ikkje er i budsjettet til Klima- og miljødepartementet.

Satsing på grøn omstilling i næringslivet

Regjeringa vil leggje til rette for ein generell dreing av næringslivet sine aktivitetar mot meir klima- og miljøvennlege løysningar. I 2024 prioriterer regjeringa derfor ei rekkje tiltak som skal få fart på omstillinga, eksportinnsatsen og industriutviklinga i heile Noreg. Tiltak følgjer opp fleire av ambisjonane i vegkartet for Grønt industriløft, batteristrategien, mineralstrategien og eksportreforma Heile Noreg eksporterer. Sjå nærare omtale i Prop. 1 S (2023–2024) frå Nærings- og fiskeridepartementet.

Tiltak på det nukleære området

Regjeringa vil auke løyvinga på det nukleære området i samband med opprydding etter atomanlegga på Kjeller og i Halden. Midlane skal gå mellom anna til Norsk nukleær dekommisjonering (NND) og IFE. Det blir òg løyvd midlar til å auke kapasitet og kompetanse i Direktoratet for strålevern og atomtryggleik (DSA) på budsjettet til Helse- og omsorgsdepartementet.

Bionova

Bionova skal vere eit verktøy for å nå klimamåla til Noreg for 2030 og målet om å vere eit lågutsleppssamfunn i 2050. Dette skal skje gjennom å bidra til reduserte klimagassutslepp og auka karbonopptak og -lagring og verdiskaping gjennom overgang til ein meir sirkulær bioøkonomi basert på fornybare biologiske ressursar frå land og hav. Regjeringa vil auke løyvinga til Bionova med 83,6 mill. kroner i 2024. Den totale løyvinga til Bionova på kap. 1152, post 70, i 2024 blir då 171,2 mill. kroner. Auken i løyvinga må mellom anna sjåast i samanheng med auka avgifter for veksthusnæringa og behov for å leggje til rette for omstillingstiltak også i denne næringa. Det er ut over det behov for verkemiddel både innan omlegging til fornybar energi i jordbruket og verkemiddel som skal byggje opp under verdikjeder for mellom anna fôr, gjødsel og gjenbruk og smarte løysingar for ein effektiv matproduksjon. I tillegg til løyvinga på 83,6 mill. kroner vil løyvinga over jordbruksavtalen til Verdiskapingsprogrammet for fornybar energi og teknologiutvikling på 222 mill. kroner inngå i det samla budsjettet for Bionova. Samla løyving som Bionova forvaltar, blir med det 393,2 mill. kroner for 2024.

Tilskot til byområde

Det er så langt inngått byvekstavtalar for Oslo-området, Bergens-området, Trondheims-området og Nord-Jæren. Regjeringa sette i 2024-budsjettet av midlar for å følgje opp framforhandla forslag til byvekstavtale for Tromsø og til nye byvekstavtalar for Kristiansandsregionen og Nedre Glomma. Regjeringa legg opp til at dei to sistnemnde byområda blir inviterte til forhandlingar om byvekstavtale. Midlane skal gå til tilskot for kollektivtransport, sykkel og gåing og blir utbetalte dersom byvekstavtalane blir inngått. Byvekstavtalar er langsiktige og gjensidig forpliktande og bidreg til å redusere klimagassutslepp, kø, luftforureining og støy mellom anna gjennom meir konsentrert arealbruk og auka bruk av kollektivtransport, sykling og gåing i staden for biltrafikk.

Auka finansiering av store kollektivprosjekt

Regjeringa vil i 2024 auke det statlege bidraget som blir utbetalt etter framdrift i store kollektivprosjekt som er under bygging. Når staten går inn med meir midlar til dei store kollektivprosjekta, frigjer dette midlar som kan nyttast til andre tiltak som byggjer opp under nullvekstmålet etter ei lokal prioritering. Målet for den samla verkemiddelbruken i byvekstavtalane er å stanse veksten i personbiltrafikken og dermed redusere klimagassutslepp, kø, luftforureining og støy.

Tinnosbanen

Tinnosbanen er freda og har status som Unesco-verdsarv som del av Rjukan-Notodden industriarv. Regjeringa løyver i 2024 ein eingongssum på 40 mill. kroner til vedlikehald av Tinnosbanen.

Raskare utbygging av havvind

Regjeringa løyver ein pakke samansett av midlar til førebuing av nye havvindområde til ein ny utlysingsrunde i 2025 og auka kapasitet hos energistyresmaktene for å følgje opp forvaltningsansvar innan havvind. Størstedelen av pakken er midlar til feltundersøkingar av nye havvindområde, blant annet undersøkelser av bunnsamfunn, fisk og sjøpattedyr og fugl.

Styrking av energistyresmaktene

Energistyresmaktene opplever auka press på saksbehandlinga og treng større kapasitet for å handtere ein sterk auke i konsesjonssaker for produksjon og overføring av kraft. I tillegg har myndighetene behov for å øke kapasiteten når det gjelder detaljplanbehandling, tilsyn og oppfølging av energianlegg i bygge- og driftsfasen. Regjeringa løyver midlar til mellom anna større saksbehandlings- og analysekapasitet i OED og NVE.

Energieffektivisering og energisparing

Som ein del av regjeringa si satsing på energieffektivisering i alle deler av norsk økonomi foreslås det å styrke satsinga til Enova på energieffektivitet mellom anna i bygg. I februar 2023 presiserte regjeringa mandatet til Enova knytt energi. I tillegg til eksisterande ordningar har Enova utvikla to nye tilskotsordningar innanfor energi; ein retta mot energitiltak i fleirbustadhus og ein mot energitiltak i næringsbygg. Vidare foreslår regjeringa å styrke satsinga på Husbankens tilskotsordning for energitiltak i kommunale bygg. Ordninga skal bidra til gjennomføring av energieffektiviseringstiltak og tiltak for auka energifleksibilitet i kommunalt eigde utleigebustader, omsorgsbustader og sjukeheimar. I tillegg til omfattar satsinga ei styrking av NVE og Direktoratet for Byggkvalitet, slik at dei kan følgje opp tiltak i planen.

Teknologisenter Mongstad – ny driftsavtale frå 2024

Teknologisenteret Mongstad (TCM) er det største testsenteret for fangst av CO2 i verda. TCM arbeider med å fremje CO2-fangst som eit verkemiddel for ei reinare og grønare framtid ved å byggje bru mellom teknologiutviklarar, vitskap og industriell bruk av teknologiar for CO2-fangst. Avtaleperioden med dei industrielle eigarane (Equinor, Shell og Total) for drift av TCM går ut i 2023. I 2024-budsjettet foreslår regjeringa ei løyving som mogleggjer vidare drift av TCM etter 2023. Gassnova forhandlar med dei industrielle eigarane om kostnadsdeling for vidare drift av TCM på vegner av staten.

Førebygging av flaum- og skredskadar

Klimaendringar fører mellom anna til at flaum og skred vil kunne skje oftare. Regjeringa foreslår å løyve 50 mill. kroner til førebygging av flaum- og skredskader. Førebygging av flaum- og skredskader er gode klimatilpassingstiltak.

5 Oversiktstabellar

5.1 Merknader til budsjettframlegget

Regjeringa foreslår ei samla løyving til Klima- og miljødepartementet på 23 356,360 mill. kroner på utgiftssida og 3 849,384 mill. kroner på inntektssida.

5.2 Utgifter

Utgifter under programkategori 12.10 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2022

Saldert budsjett 2023

Forslag 2024

Endring i pst.

1400

Klima- og miljødepartementet

673 832

637 388

615 367

-3,5

1410

Kunnskap om klima og miljø

1 135 402

1 140 597

1 220 410

7,0

1411

Artsdatabanken

68 780

80 560

84 862

5,3

1412

Meteorologiformål

493 281

504 703

547 378

8,5

Sum kategori 12.10

2 371 295

2 363 248

2 468 017

4,4

Utgifter under programkategori 12.20 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2022

Saldert budsjett 2023

Forslag 2024

Endring i pst.

1420

Miljødirektoratet

7 304 281

8 834 096

10 442 138

18,2

1422

Miljøvennleg skipsfart

41 119

42 448

45 140

6,3

1423

Radioaktiv forureining i det ytre miljø

35 968

37 650

39 667

5,4

1424

Senter mot marin forsøpling

40 300

55 449

-100,0

1425

Fisketiltak

15 248

17 465

16 686

-4,5

1428

Enova SF

5 736 706

6 636 183

5 661 669

-14,7

Sum kategori 12.20

13 173 622

15 623 291

16 205 300

3,7

Utgifter under programkategori 12.30 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2022

Saldert budsjett 2023

Forslag 2024

Endring i pst.

1429

Riksantikvaren

681 978

672 173

706 613

5,1

1432

Norsk kulturminnefond

121 276

124 638

132 298

6,1

Sum kategori 12.30

803 254

796 811

838 911

5,3

Utgifter under programkategori 12.60 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2022

Saldert budsjett 2023

Forslag 2024

Endring i pst.

1471

Norsk Polarinstitutt

404 720

358 178

401 133

12,0

1472

Svalbards miljøvernfond

15 762

13 000

15 000

15,4

1473

Kings Bay AS

43 946

64 995

79 152

21,8

1474

Fram – Nordområdesenter for klima- og miljøforsking

54 467

54 274

57 755

6,4

Sum kategori 12.60

518 895

490 447

553 040

12,8

Utgifter under programkategori 12.70 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2022

Saldert budsjett 2023

Forslag 2024

Endring i pst.

1481

Klimakvotar

80 306

87 649

122 798

40,1

1482

Internasjonale klima- og utviklingstiltak

2 893 270

3 078 387

3 168 294

2,9

Sum kategori 12.70

2 973 576

3 166 036

3 291 092

3,9

5.3 Inntekter

Inntekter under programkategori 12.10 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2022

Saldert budsjett 2023

Forslag 2024

Endring i pst.

4400

Klima- og miljødepartementet

34 671

30 969

39 749

28,4

4411

Artsdatabanken

135

442

-100,0

Sum kategori 12.10

34 806

31 411

39 749

26,5

Inntekter under programkategori 12.20 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2022

Saldert budsjett 2023

Forslag 2024

Endring i pst.

4420

Miljødirektoratet

150 501

154 857

158 257

2,2

4423

Radioaktiv forureining i det ytre miljø

732

1 079

1 127

4,4

4424

Senter mot marin forsøpling

16 888

0,0

5578

Sektoravgifter under Klima- og miljødepartementet

708 957

708 686

707 907

-0,1

Sum kategori 12.20

877 078

864 622

867 291

0,3

Inntekter under programkategori 12.30 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2022

Saldert budsjett 2023

Forslag 2024

Endring i pst.

4429

Riksantikvaren

4 994

6 326

5 604

-11,4

Sum kategori 12.30

4 994

6 326

5 604

-11,4

Inntekter under programkategori 12.60 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2022

Saldert budsjett 2023

Forslag 2024

Endring i pst.

4471

Norsk Polarinstitutt

117 179

91 198

95 210

4,4

5578

Sektoravgifter under Klima- og miljødepartementet

15 763

13 012

15 012

15,4

Sum kategori 12.60

132 942

104 210

110 222

5,8

Inntekter under programkategori 12.70 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2022

Saldert budsjett 2023

Forslag 2024

Endring i pst.

4481

Sal av klimakvotar

2 279 021

2 594 562

2 826 518

8,9

Sum kategori 12.70

2 279 021

2 594 562

2 826 518

8,9

Utgifter fordelte på postgrupper

(i 1 000 kr)

Post- gr.

Nemning

Rekneskap 2022

Saldert budsjett 2023

Forslag 2024

Endring i pst.

01–29

Statens egne driftsutgifter

3 284 818

3 262 859

3 504 392

7,4

30–49

Nybygg, anlegg o.a.

596 979

636 765

543 416

-14,7

50–89

Overføringar til andre

15 958 845

18 540 209

19 308 552

4,1

Sum under departementet

19 840 642

22 439 833

23 356 360

4,1

Inntekter fordelte på postgrupper

(i 1 000 kr)

Post- gr.

Nemning

Rekneskap 2022

Saldert budsjett 2023

Forslag 2024

Endring i pst.

01–29

Sal av varer og tenester

2 594 142

2 871 933

3 118 396

8,6

30–49

Inntekter i samband med nybygg, anlegg o.a.

9 979

1 500

1 069

-28,7

50–89

Overføringar fra andre

724 720

727 698

729 919

0,3

Sum under departementet

3 328 841

3 601 131

3 849 384

6,9

**Under Klima- og miljødepartementet blir stikkordet «kan overførast» foreslått knytt til desse postane utanom postgruppe 30-49

(i 1 000 kr)

Kap.

Post

Nemning

Overført til 2023

Forslag 2024

1400

74

Tilskot til AMAP

5 796

1400

76

Støtte til nasjonale og internasjonale miljøtiltak

101 744

1410

23

MAREANO

68 037

1411

21

Spesielle driftsutgifter

11 606

1411

70

Tilskot til å styrkje kunnskap om og formidling av naturmangfaldet

32 906

1420

23

Oppdrags- og gebyrrelatert verksemd

161 801

1420

60

Tilskot for å vareta naturmangfald i kommuneplanlegging

3 226

1420

61

Tilskot til klimatiltak og klimatilpassing

163 800

1420

62

Tilskot til grøn skipsfart

56 625

1420

66

Tilskot til kommunar for å betre tilgangen til strandsona langs Oslofjorden

3 199

1420

69

Oppryddingstiltak

45 632

1420

71

Marin forsøpling

27 363

1420

73

Tilskot til rovvilttiltak

73 898

1420

78

Friluftslivsformål

205 896

1420

79

Oppryddingstiltak

492

1420

80

Tilskot til tiltak for å ta vare på natur

144 942

1420

81

Verdiskaping basert på naturarven

13 192

1420

85

Besøkssenter for natur og verdensarv

107 135

1425

70

Tilskot til fiskeformål

16 386

1429

22

Fleirårige prosjekt kulturminneforvaltning

32 185

1429

70

Tilskot til automatisk freda og andre arkeologiske kulturminne

41 522

1429

71

Tilskot til freda kulturminne i privat eige, kulturmiljø og kulturlandskap

151 889

1429

72

Tilskot til tekniske og industrielle kulturminne

62 298

1429

73

Tilskot til bygningar og anlegg frå mellomalderen og brannsikring

57 850

1429

74

Tilskot til fartøyvern

75 120

1429

75

Tilskot til fartøyvernsenter

18 552

1429

77

Tilskot til verdiskapingsarbeid på kulturminneområde

7 986

1429

79

Tilskot til verdsarven

56 785

1471

21

Spesielle driftsutgifter

145 706

1474

01

Lønn og godtgjørelser

266

1474

50

Tilskot til statlege mottakarar

26 633

1474

70

Tilskot til private mottakarar

30 856

1481

01

Driftsutgifter

2 798

1481

22

Internasjonalt samarbeid under Parisavtalens artikkel 6

120 000

1482

73

Klima- og skogsatsinga

3 100 835

6 Oppfølging av oppmodingsvedtak

Nedanfor er det gjort greie for oppfølginga av oppmodingsvedtak under Klima- og miljødepartementet. Oversikta inkluderer alle vedtak frå stortingssesjonen 2022–2023 og vedtak frå tidlegare stortingssesjonar som kontroll- og konstitusjonskomiteen i Innst. S (2022–2023) meinte ikkje var kvitterte ut. I tabellen nedanfor blir det òg angjeve i kva grad departementet planlegg at rapporteringa knytt til oppmodingsvedtaket no blir avslutta, eller om departementet vil rapportere konkret på vedtaket i budsjettproposisjonen for neste år òg.

Tabell 6.1 Oversikt over oppmodingstiltak, ordna etter sesjon og nummer

Sesjon

Vedtak nr.

Stikkord

Rapportering avslutta (ja/nei)

2022–2023

21

Gje Enova eit tilleggsmandat om å bidra til å styrkje forsyningstryggleiken

Ja

2022–2023

22

Endre Enova-tilskot «helhetlig oppgradering av bygningskropp»

Ja

2022–2023

23

Endre Enovas løysing for utbetaling til forbrukarar

Ja

2022–2023

92

Fremje krav om lågutslepp til offshorefartøy

Nei

2022–2023

93

Innføring av omsetningskrav for avansert biodrivstoff til innanriks sjøfart og fiske

Ja

2022–2023

95

Utval for å greie ut matkastelov

Ja

2022–2023

98

Gå i dialog med industrien om CO2-kompensasjonsordninga

Nei

2022–2023

100

Framskunde innføringa av omsetningskravet på 10 pst. for ikkje-veggåande maskiner

Ja

2022–2023

101

Forvaltningsplanane for norske havområde – vurdere varig petroleumsfrie område

Nei

2022–2023

108

Fremje forslag om forbod mot nedbygging av myr til utbyggingsformål i 2023

Nei

2022–2023

112

Varsle eit forbod mot bruk av fossile brensel til energiformål i industrien innan 2030

Ja

2022–2023

113

Greie ut og fremje forslag om forbod mot bruk av fossil gass i byggvarme

Nei

2022–2023

114

Opptrapping av omsetningskrav for avansert biodrivstoff i luftfart

Ja

2022–2023

118

Intensivere arbeidet mot pukkellaks

Ja

2022–2023

450

Bidraget frå verkemiddelapparatet til ein meir sirkulær økonomi

Nei

2022–2023

451

Kompetansebehovet knytt til nye sirkulære forretningsmodellar

Nei

2022–2023

507

Endre Enovas mandat

Ja

2022–2023

508

Støtteordningar for energieffektivisering med moden teknologi

Ja

2022–2023

509

Støtte til energieffektivisering og lokal energiproduksjon hos hushalda

Ja

2022–2023

608

Gamle nedlagde gruver i Noreg og forureiningsfaren dei utgjer

Nei

2022–2023

632

Ein plan for korleis Noreg kan få ein leiande posisjon i produksjon av berekraftig drivstoff

Nei

2022–2023

633

Ein plan for å auke produksjonen av avansert biodrivstoff i Noreg

Nei

2022–2023

674

Ein plan for auka produksjon av og etterspurnad etter biogass

Nei

2022–2023

760

Ein oppdatert Klimaplan med konkrete verkemiddel

Nei

2022–2023

915

Auke omsetningskravet for biodrivstoff til vegtrafikken og innføre delkrav for avansert biodrivstoff basert på A-råstoff

Ja

2022–2023

916

Auke omsetningskravet for biodrivstoff i luftfarten og varsle framtidig opptrapping

Ja

2022–2023

917

Auke omsetningskravet for biodrivstoff for ikkje-veggåande maskiner

Nei

2022–2023

918

Auke omsetningskravet for biodrivstoff til sjøfart

Nei

2022–2023

919

Rett prising av negative utslepp

Nei

2021–2022

35.4

Verkemiddel for raske utsleppskutt for store punktutslepp

Nei

2021–2022

35.10

Krav om nullutslepp og fossilfrie byggje- og anleggsplassar i offentlege anbod

Nei

2021–2022

35.11

Forbod mot bruk av fossile brensel på byggjeplassar

Nei

2021–2022

35.16

Erstatte fossile brensel i industrien

Nei

2021–2022

35.20

Oppfylle mål om 10 pst. vern av kyst- og havområde og fremje nasjonal plan for marint vern

Nei

2021–2022

512

Greie ut produsentansvarsordning for tekstilar

Ja

2021–2022

513

Gjennomgå regelverk og vurdere endringar for å sikre at klesbransjen bruker uselde tekstilvarer om att

Ja

2021–2022

713

Verkemiddel som kan bidra til å gjere direkte karbonfangst frå luft (DAC) lønnsamt

Nei

2021–2022

753

Levere ein plan for harmonisering av rammeverk for biogass i Norden

Nei

2021–2022

837

Utarbeide rapporteringssystem for bruk av berekraftig biodrivstoff utanfor omsetningskravet

Ja

2020–2021

690

Bidra til gjennomføring av tiltak initierte av lokale og regionale styresmakter som reduserer utslepp i verdsarvfjordane

Nei

2020–2021

691

Tiltak som sikrar verdsarvfjordane som anløpshamn for cruisebåtar også etter 2026 – etablering av landstraum i Flåm mv.

Nei

2020–2021

751

Verkemiddel for meir effektiv og einskapleg skadefelling av rovvilt

Ja

2020–2021

752

Kompetanseoverføringsprosjekt om skadefelling

Ja

2020–2021

753

Forslag om verkemiddel for meir effektiv lisensfelling

Ja

2020–2021

831

Nasjonal plan for å gjere land- og ladestraum, hydrogen, ammoniakk og andre grøne drivstoff tilgjengelege

Nei

2020–2021

973

Forslag om revidering av motorferdsellova

Nei

2020–2021

976

Oppfølging av globalt rammeverk for naturmangfald

Nei

2020–2021

1001

Greie ut insentivordning for at frivillige, inkl. lag og organisasjonar, vil bidra til rydding av plast

Ja

2020–2021

1004

Tilskotsordning som dekkjer kostnadene med leveranse av avfall etter frivillige ryddeaksjonar

Ja

2020–2021

1009

Harmonisere rammevilkåra for biogassproduksjon i Norden

Nei

2019–2020

708

Nye mål i kulturmiljøpolitikken

Nei

2018–2019

383

Erstatningsreglane ved tap av beitedyr til rovvilt og kompensasjonsordninga (FKT)

Nei

2017–2018

481

Gjenbruk gjennom kommunane sine gjenbruksstasjonar

Nei

2017–2018

482

Utleige av avfallskonteinarar frå godkjende avfallsselskap

Nei

2017–2018

489

Matkastelov

Nei

2017–2018

661

Greie ut strengare krav til svartvass- og gråvassutslepp frå cruiseskip

Nei

2017–2018

672

Implementere krav og reguleringar til utslepp frå cruiseskip og annan skipstrafikk i turistfjordar m.m.

Nei

2017–2018

674

Nasjonalt forbod mot sal av heliumballongar

Ja

2016–2017

529

Gratis levering av marint avfall

Ja

2016–2017

914

Forslag til tiltak og verkemiddel for overvass-problematikk

Nei

2015–2016

674

Handlingsplan for å betre situasjonen for sjøfugl

Nei

2015–2016

681

Forbod mot mikroplast i kroppspleieprodukt

Nei

Stortingssesjon 2022–2023

Gje Enova eit tilleggsmandat om å bidra til å styrkje forsyningstryggleiken

Vedtak nr. 21, 18. oktober 2022

«Stortinget ber regjeringen vurdere, i lys av den aktuelle strømsituasjonen, å gi Enova et tilleggsmandat om å bidra til å styrke forsyningssikkerheten ved å legge til rette for vesentlig mer energieffektivisering og fleksibel og effektiv energi- og effektbruk gjennom målrettede tiltak for bedrifter og husholdninger. En slik oppdatering må sikre at støtte til moden teknologi som gir raske reduksjoner i strømforbruket, blir en sentral oppgave for Enova, som for eksempel gjennom varmepumper, etterisolering av deler av bygningskroppen, utskiftning av vinduer, batterier, bergvarme og lignende.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av representantforslag frå stortingsrepresentantane Guri Melby og Ola Elvestuen om ekstraordinære tiltak som følgje av straumpriskrisa, jf. Innst. 25 S (2022–2023).

I mars 2023 presiserte regjeringa mandatet til Enova knytt til energi, jf. Tilleggsavtale av 15. februar 2023 om forvaltning av midlane frå Klima- og energifondet. Der går det fram at Enova skal finne gode løsninger som tar hensyn til behovet for et effektivt energisystem. Det innebærer at Enova blant annet skal bidra til mer effektiv bruk av energi, mer effektiv utnyttelse av eksisterende nett og utvikling av nye energiteknologier i alle sektorer. Mandatet omfattar no energieffektivisering i alle sektorar og opnar i større grad for støtte til moden og velkjend teknologi i umodne marknader.

Enovas presiserte mandat og styrkte rolle knytt til energi og energieffektivisering inngår som ein del av den heilskaplege handlingsplanen regjeringa har for energieffektivisering. Regjeringa er oppteken av at ei styrkt satsing på energieffektivisering skal vere basert på faglege vurderingar. Departementet bad difor Enova levere ei tilråding om korleis dei vil innrette aktiviteten sin i lys av presiseringa av mandatet, irekna knytt til kva for nærmare definerte kriterium som kan liggje til grunn for støtte til meir moden og velkjend teknologi. Les ein utvida omtale under kap. 1428.50.

Til saman legg Enova opp til å støtte energieffektivisering og energi meir i breitt med mellom 1,5 mrd. og 2 mrd. kroner i år. Av dette vil om lag ein halv milliard vere styrkt enøksatsing. Satsinga legg vekt på å byggje ned barrierar og skape varige marknadsendringar slik at energieffektiviseringspotensialet på sikt i større grad kan utløysast utan støtte.

Regjeringas handlingsplan for energieffektivisering i alle delar av norsk økonomi inneheld fleire viktige grep for auka energieffektivisering og følgjer opp tilrådingar frå Energikommisjonen. Handlingsplanen ser verkemiddel som informasjon, krav og stønad i samanheng. Mellom anna foreslår regjeringa ei løyving på 495 mill. kroner til tiltak for energieffektivisering i 2024, fordelt på Husbanken, Enova, NVE og Direktoratet for Byggkvalitet.

Departementet ser med dette vedtaket som følgt opp.

Endre Enova-tilskot «helhetlig oppgradering av bygningskropp»

Vedtak nr. 22, 18. oktober 2022

«Stortinget ber regjeringen vurdere å endre dagens Enova-tilskudd «helhetlig oppgradering av bygningskropp» slik at husholdninger kan få tilskudd også når bare deler av bygningen oppgraderes.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av representantforslag frå stortingsrepresentantane Guri Melby og Ola Elvestuen om ekstraordinære tiltak som følgje av straumpriskrisa, jf. Innst. 25 S (2022–2023).

Departementet viser til svar på oppmodingsvedtak nr. 21, 18. oktober 2022, og utvida omtale under kap. 1428.50 av ei styrkt satsing på energieffektivisering. Som ein del av oppdraget frå departementet om å orientere om korleis dei vil innrette aktiviteten retta mot energi, vart Enova også bede om å vurdere innhaldet i dette oppmodingsvedtaket. Gjennom noverande tilskot til heilskaplege oppgraderingsprosjekt motiverer Enova til føredømeprosjekt som ifølgje Enova bidreg til auka kompetanse i bransjen og til haldningsutvikling hos bustadeigarar. Ei eventuell støtteordning til trinnvis oppgradering burde etter Enovas vurdering knytast til prosentvis forbetring av samla energiyting, på same måten som det Enova no legg opp til for fleirbustadhus og næringsbygg. Utfordringa er at noverande energimerke ikkje er ein eigna indikator for energitiltak i ei støtteordning retta mot einebustader og småhus, ikkje minst fordi det ikkje føreset merking gjord av ein profesjonell aktør. Enova viser likevel til at marknaden for rehabilitering i bustader er stor og moden, og at ein høg andel av eit eventuelt tilskot til trinnvis oppgradering difor ville innebere betydeleg løyvingsbehov og i stor grad gå til prosjekt som også ville ha blitt gjennomførte utan tilskot.

Klima- og miljødepartementets styring av Enova går ikkje for seg på detaljnivået oppmodingsvedtaket impliserer. Enova utviklar program og set kriterium basert på dei faglege vurderingane deira og kjennskapen deira til teknologiar og marknader. Slik departementet vurderer det, legg det til rette for at midlane frå Klima- og energifondet blir utnytta mest mogleg effektivt for å nå dei overordna politisk sette måla i styringsavtalen.

Departementet ser med dette vedtaket som følgt opp.

Endre Enovas løysing for utbetaling til forbrukarar

Vedtak nr. 23, 16. oktober 2022

«Stortinget ber regjeringen vurdere å legge om Enovas løsning for utbetaling til forbrukere slik at man får samtidig utbetaling.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av representantforslag frå stortingsrepresentantane Guri Melby og Ola Elvestuen om ekstraordinære tiltak som følgje av straumpriskrisa, jf. Innst. 25 S (2022–2023).

Departementet forstår oppmodingsvedtaket som at det er meint ei vurdering av at støtte til hushald og forbrukarar blir utbetalt samstundes som det blir søkt om tilskot, og ikkje etterskotsvis etter gjennomført tiltak, som er noverande praksis. I samband med oppdraget frå regjeringa til Enova om orientering om aktivitet retta mot energi vart Enova også bede om å vurdere samstundes utbetaling.

Det er fleire grunnar til at støtte ikkje bør utbetalast før tiltak faktisk er gjennomførte, som Enova også trekkjer fram i svaret sitt. Ein grunn er at det er stort sannsyn for at ein god del av prosjekta ikkje blir gjennomførte og ein da må bruke mykje tid og ressursar på tilbakebetaling hos både Enova og søkjaren utan at ein nødvendigvis oppnår betre resultat. Tidlegare erfaringar i Enova med søknadsbasert ordning retta mot hushalda viser at om lag halvparten av tilsegnene ikkje vart brukt. Den noverande ordninga, Enovatilskotet, med klare kriterium for kva som kvalifiserer til støtte, og rask utbetaling etter motteken faktura, er ubyråkratisk og enkel for både søkjarane og Enova. Når det er sagt, erkjenner departementet at det kan vere utfordrande for nokre å ha midlar til å gjennomføre investeringar før støtta blir utbetalt. Denne likviditetsutfordringa kan og bør likevel løysast på andre måtar enn å betale ut pengar før tiltak er gjennomførte. Her viser departementet til regjeringa sin handlingsplan for energieffektivisering der mellom anna lån er trekt fram som ei mogleg løysing ettersom det i mange tilfelle er snakk om økonomisk lønnsame tiltak.

Departementet ser med dette vedtaket som følgt opp.

Fremje krav om låg- og nullutslepp til offshorefartøy

Vedtak nr. 92, 1. desember 2022

«Stortinget ber regjeringen i løpet av 2023 fremme krav om lavutslipp til offshorefartøy med sikte på innføring fra 2025 og nullutslipp fra 2029, eller tilsvarende krav som gir samme utslippseffekt for offshorefartøy.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av innstilling frå finanskomiteen om nasjonalbudsjettet for 2023 og forslaget til statsbudsjett for 2023, jf. Innst. 2 S (2022–2023).

Klima- og miljødepartementet har gjeve Sjøfartsdirektoratet i oppdrag å sjå på korleis låg- og nullutsleppskrav til offshorefartøy kan formast ut og innrettast.

Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte.

Innføring av omsetningskrav for avansert biodrivstoff til innanriks sjøfart og fiske

Vedtak nr. 93, 1. desember 2022

«Stortinget ber regjeringen sende forslag om innføring av omsetningskrav for avansert biodrivstoff til innenriks sjøfart og fiske på høring, med forslag om et omsetningskrav på 4 volumprosent fra 1. juli 2023 og med en videre opptrapping til 6 prosent i 2024.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av innstilling frå finanskomiteen om nasjonalbudsjettet for 2023 og forslaget til statsbudsjett for 2023, jf. Innst. 2 S (2022–2023). Forslag til omsetningskrav for avansert biodrivstoff til sjøfart vart sendt på høyring 20. januar, med frist 20. mars 2023. Regjeringa foreslo å innføre eit omsetningskrav for avansert biodrivstoff til sjøfart på 6 pst. frå 1. oktober 2023 i revidert nasjonalbudsjett som vart vedteke av Stortinget.

Departementet ser med dette vedtaket som følgt opp.

Utval for å greie ut matkastelov

Vedtak nr. 95, 1. desember 2022

«Stortinget ber regjeringen sette ned et utvalg for å utrede matkastelov med mål om at loven skal tre i kraft i 2024.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av innstilling frå finanskomiteen om nasjonalbudsjettet for 2023 og forslaget til statsbudsjett for 2023, jf. Innst. 2 S (2022–2023).

Regjeringa sette 7. februar 2023 ned eit utval som skal greie ut heilskapleg tiltaks- og verkemiddelbruk for å nå målet om 50 pst. reduksjon av matsvinnet innan 2030 og korleis ei matkastelov skal inngå i ein samla verkemiddelbruk. Utvalet skal ferdigstille utgreiinga innan utgangen av 2023, og deretter vil forslaga vurderast, og det blir lagt opp ein prosess for korleis dette skal følgjast opp.

Departementet ser med dette vedtaket som følgt opp.

Gå i dialog med industrien om CO2-kompensasjonsordninga

Vedtak nr. 98, 1. desember 2022

«Stortinget ber regjeringen gå i dialog med industrien om CO2-kompensasjonsordningen for å utvikle ordningen til å bli forpliktende for utslippskutt og energieffektivisering i tråd med nasjonale målsettinger. Aktuelle løsninger kan være krav, klimaavtale, fondsordning eller andre måter. Det må hensyntas at det er ulik økonomisk bærekraft i ulike bransjer, og at enkelte bedrifter har lave CO2-utslipp og lite potensial for energieffektivisering. Regjeringen bes legge frem sak om dette i statsbudsjettet for 2024.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av innstilling frå finanskomiteen om nasjonalbudsjettet for 2023 og forslaget til statsbudsjett for 2023, jf. Innst. 2 S (2022–2023).

Vedtaket er under oppfølging. Regjeringa vil halde fram med dialogen med industrien om endring av ordninga slik at han bidreg med utsleppsreduksjonar og/eller energieffektivisering. Basert på denne dialogen vil regjeringa i 2025-budsjettet foreslå ei endring av ordninga, slik at ho kan haldast berekraftig med tanke på budsjettet ut kompensasjonsperioden.

Framskunde innføringa av omsetningskravet på 10 pst. for ikkje-veggåande maskiner

Vedtak nr. 100, 1. desember 2022

«Stortinget ber regjeringen framskynde innføringen av det planlagte omsetningskravet på 10 pst. for ikke-veigående maskiner til 1. januar 2023. Biogass skal holdes utenfor kravet.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av innstilling frå finanskomiteen om nasjonalbudsjettet for 2023 og forslaget til statsbudsjett for 2023, jf. Innst. 2 S (2022–2023). Eit omsetningskrav for avansert biodrivstoff på 10 pst. for ikkje-veggåande maskiner vart innført 1. januar 2023.

Departementet ser med dette vedtaket som følgt opp.

Forvaltningsplanane for norske havområde – vurdere varig petroleumsfrie område

Vedtak nr. 101, 1. desember 2022

«Stortinget ber regjeringen i forbindelse med revisjonen av forvaltningsplanen for norske havområder vurdere om deler av de områdene hvor det etter gjeldende forvaltningsplan ikke skal tildeles nye tillatelser, eller enkelte ikke-åpnede områder, bør defineres som varig petroleumsfrie områder.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av innstilling frå finanskomiteen om nasjonalbudsjettet for 2023 og forslaget til statsbudsjett for 2023, jf. Innst. 2 S (2022–2023).

Regjeringa vil omtale tema knytt til områdespesifikke rammer for petroleumsverksemd i meldinga til Stortinget om oppdatering av dei heilskaplege forvaltningsplanane for norske havområde våren 2024.

Fremje forslag om forbod mot nedbygging av myr til utbyggingsformål i 2023

Vedtak nr. 108, 1. desember 2022

«Stortinget ber regjeringen legge frem forslag om forbud mot nedbygging av myr til utbyggingsformål i løpet av 2023. Det skal utredes mulige dispensasjoner fra forbudet for å ta vare på andre arealer med høy verdi og utbygging av samfunnskritisk infrastruktur. Målet er at forbudet reelt sett skal redusere nedbyggingen av myr.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av innstilling frå finanskomiteen om nasjonalbudsjettet for 2023 og forslaget til statsbudsjett for 2023, jf. Innst. 2 S (2022–2023).

Vedtaket er under oppfølging. Miljødirektoratet har fått i oppdrag å greie ut eit forbod mot nedbygging av myr og forme ut eit konkret forslag til lov- og eventuelt forskriftsendringar. Fristen for oppdraget er 1. desember 2023. Det vil dermed ikkje vere mogleg å fremje lovendring for Stortinget i 2023, men regjeringa vil leggje fram saka for Stortinget så snart som mogleg i 2024.

Varsle eit forbod mot bruk av fossile brensel til energiformål i industrien innan 2030

Vedtak nr. 112, 1. desember 2022

«Stortinget ber regjeringen i løpet av 2023 varsle et forbud mot bruk av fossile brensler til energiformål i industrien innen 2030 og utrede innretningen av forbudet. Samtidig varsles det at det utredes hva som kan være hensiktsmessige avgrensinger.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av innstilling frå finanskomiteen om nasjonalbudsjettet for 2023 og forslaget til statsbudsjett for 2023, jf. Innst. 2 S (2022–2023).

Miljødirektoratet fekk hausten 2022 i oppdrag å konsekvensutgreie eit mogleg forbod mot fossil fyring til energiformål i industrien. Oppdraget har også omfatta kva som vil vere ei tenleg avgrensing av forbodet. Miljødirektoratet leverte våren 2023 konsekvensutgreiinga Forbud mot bruk av fossile brensler til energiformål i industrien fra 2030.

Regjeringa vil i 2030 innføre eit forbod mot bruk av fossile brensel til indirekte fyring i industrien som gjev utslepp under innsatsfordelinga. Det blir gjeve høve for unntak i tilfelle der forbodet vil innebere svært høge kostnader målt opp mot nytteverdien eller andre openbert urimelege konsekvensar, irekna avgrensingar i tilgangen på nett og kapasitet. Regjeringa vil vurdere å utvide forbodet til også å inkludere direkte fyring etter 2030. Miljødirektoratet har fått i oppdrag å utarbeide eit forslag til forskrift. Departementet ser med dette vedtaket som følgt opp.

Greie ut og fremje forslag om forbod mot bruk av fossil gass i byggvarme

Vedtak nr. 113, 1. desember 2022

«Stortinget ber regjeringen utrede og fremme forslag om forbud mot bruk av fossil gass i byggvarme, med sikte på ikrafttredelse i 2025.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av innstilling frå finanskomiteen om nasjonalbudsjettet for 2023 og forslaget til statsbudsjett for 2023, jf. Innst. 2 S (2022–2023).

Vedtaket er under oppfølging. Miljødirektoratet har levert eit oppdatert kunnskapsgrunnlag om barrierar og potensial for utsleppskutt i byggje- og anleggsverksemda. Forbod mot bruk av fossil gass i byggvarme blir trekt fram som eitt av fleire tiltak for å redusere utslepp frå byggje- og anleggsverksemd. Klima- og miljødepartementet har gjeve Miljødirektoratet i oppdrag å greie ut eit forbod og vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte

Opptrapping av omsetningskrav for avansert biodrivstoff i luftfart

Vedtak nr. 114, 1. desember 2022

«Stortinget ber regjeringen sende forslag om opptrapping av omsetningskrav for avansert biodrivstoff i luftfart på høring, med forslag om et omsetningskrav på 2 volumprosent fra 1. juli 2023.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av innstilling frå finanskomiteen om nasjonalbudsjettet for 2023 og forslaget til statsbudsjett for 2023, jf. Innst. 2 S (2022–2023).

Miljødirektoratet har våren 2023 hatt på alminneleg høyring eit forslag om opptrapping av omsetningskrav for avansert biodrivstoff til luftfart. Høyringa vart avslutta 9. mars 2023. Høyringsnotatet foreslo eit omsetningskrav på 2 volumprosent frå 1. juli 2023. Vi viser vidare til vedtak 916 for vidare vedtak om den same saka.

Departementet ser med dette vedtaket som følgt opp.

Intensivere arbeidet mot pukkellaks

Vedtak nr. 118, 1. desember 2022

«Stortinget ber regjeringen intensivere arbeidet mot pukkellaks, herunder å tillate fangst av pukkellaks i sjø før sommeren 2023.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av innstilling frå finanskomiteen om nasjonalbudsjettet for 2023 og forslaget til statsbudsjett for 2023, jf. Innst. 2 S (2022–2023).

I løpet av 2022 og våren 2023 vart det lagt ned eit intensivt arbeid for å førebu store uttak av pukkellaks i vassdrag i Troms og Finnmark. I tillegg til dei 25,3 mill. kronene som vart sette av til å kjempe mot pukkellaks over statsbudsjettet for 2023, foreslo regjeringa ytterlegare 10 mill. kroner til dette formålet i revidert nasjonalbudsjett. Sommaren 2023 vart det iverksett pukkellaksuttak og -beredskap i rundt 60 vassdrag, og over 30 av desse vassdraga fekk installert pukkellaksfeller. I tråd med vedtaket har arbeidet mot pukkellaks blitt betydeleg intensivert.

I januar 2023 publiserte Vitenskapelig råd for lakseforvaltning ein rapport om kva konsekvensar eit fiske med ulike garnreiskapar etter pukkellaks i sjø kan ha for annan anadrom laksefisk. I rapporten kjem det fram at eit målretta pukkellaksfiske i sjø i tillegg til det ordinære sjølaksefisket vil føre til ein stor risiko for altfor stor fangst av villaks, sjøaure og sjørøye. Basert på denne rapporten gav Klima- og miljødepartementet, saman med Nærings- og fiskeridepartementet, eit oppdrag til Miljødirektoratet om å vurdere korleis eit fiske etter pukkellaks i sjø burde innrettast for at uttaket skulle bli effektivt samstundes som skaden på dei naturleg heimehøyrande artane vart minst mogleg. Oppdraget skulle utførast i samråd med Fiskeridirektoratet.

I svaret på oppdraget frå direktorata peiker Miljødirektoratet på at det er stor risiko for auka døyelegheit av annan anadrom laksefisk dersom ein skal fiske ut pukkellaks i sjø med alminnelege garnreiskapar, og dei tilrår å følgje hovudstrategien om å ta ut pukkellaks i elvane. Fiskeridirektoratet viser til at ein har liten kunnskap om uttak av pukkellaks med saltvassreiskapar, og tilrår forsøksfiske før ein legg opp til pukkellaksuttak i sjø med slike reiskapar. For å følgje opp Stortingets vedtak foreslo Klima- og miljødepartementet å leggje til rette for eit målretta fiske etter pukkellaks i sjø i det tidsrommet pukkellaksen oppheld seg i kyst- og fjordområda. Fisket skulle skje med små maskevidder, og det var krav om gjenutsetjing av all annan levande anadrom laksefisk. Det målretta pukkellaksfisket skulle erstatte det ordinære sjølaksefisket for at konsekvensane for annan laksefisk ikkje skulle bli for store. Forslaget fekk sterk kritikk, særleg frå sjølaksefiskarane. Etter konsultasjonar med sjølaksefiskarorganisasjonane og Sametinget bestemte Klima- og miljødepartementet å skrinleggje forslaget og å føre vidare det ordinære sjølaksefisket der pukkellaks inngår som bifangst.

Klima- og miljødepartementet har gjennom denne prosessen grundig vurdert korleis Stortingets vedtak kunne gjennomførast på ein forsvarleg måte av omsyn til villaks og annan anadrom laksefisk. Samstundes var det ikkje ønskjeleg å gjennomføre det einaste alternativet som ville vore i tråd med dei faglege råda.

I tillegg til det ordinære sjølaksefisket der pukkellaks inngår som bifangst, vart det i 2023 gjennomført forskingsfiske etter pukkellaks i sjø fleire stader i Finnmark. Resultata frå desse forskingsprosjekta vil gje eit betre kunnskapsgrunnlag for eventuell bruk av saltvassreiskapar under det neste forventa pukkellaksinnrykket i 2025.

Departementet ser med dette vedtaket som følgt opp.

Bidraget frå verkemiddelapparatet til ein meir sirkulær økonomi

Vedtak nr. 450, 12. januar 2023

«Stortinget ber regjeringen kartlegge hvordan virkemiddelapparatet kan innrettes slik at man i sterkeregrad støtter opp under deler av eller hele verdikjeder som bidrar til en overgang til mer sirkulærøkonomi.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Innst. 124 S (2022–2023).

Vedtaket er under oppfølging. Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte.

Kompetansebehov knytt til nye sirkulære forretningsmodellar

Vedtak nr. 451, 12. januar 2023

«Stortinget ber regjeringen i samarbeid med aktuelle bransjer og næringer, å innhente oppdatert kunnskapsgrunnlag om kompetansebehovet forbundet med nye, sirkulære forretningsmodeller, og etablere flere treparts bransjeprogrammer.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga, jf. Innst. 124 S (2022–2023).

Vedtaket er under oppfølging. Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte.

Endre Enovas mandat

Vedtak nr. 507, 23. februar 2023

«Stortinget ber regjeringen om å endre Enovas mandat slik at det omfatter energieffektivisering for alle sektorer i løpet av våren 2023.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av representantforslag frå stortingsrepresentantane Sofie Marhaug og Geir Jørgensen om ei kraftfull satsing på lokal energiproduksjon og -sparing og representantforslag frå stortingsrepresentantane Lars Haltbrekken og Kim Thoresen-Vestre om ein plan for enøk, jf. Innst. 192 S (2022–2023), Stortingets forretningsorden § 14 nr. 8 bokstav b.

Mandatet til Enova omfattar no energieffektivisering i alle sektorar. Regjeringa presiserte i mars 2023 mandatet til Enova knytt til energi, jf. tilleggsavtale av 15. februar 2023 om forvaltning av midlane frå Klima- og energifondet. Der går det fram at «Enova skal finne gode løsninger som tar hensyn til behovet for et effektivt energisystem. Det innebærer at Enova blant annet skal bidra til mer effektiv bruk av energi, mer effektiv utnyttelse av eksisterende nett og utvikling av nye energiteknologier i alle sektorer».

Departementet viser også til svar på oppmodingsvedtak 509 (2022–2023) og til utvida omtale under kap. 1428.50.

Departementet ser med dette vedtaket som følgt opp.

Støtteordningar for energieffektivisering med moden teknologi

Vedtak nr. 508, 23. februar 2023

«Stortinget ber regjeringen sørge for at Enova har tilgjengelig støtteordninger for energieffektivisering med moden teknologi i tråd med Vedtak 21 (2022– 2023) senest i forbindelse med revidert nasjonalbudsjett for 2023.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av representantforslag frå stortingsrepresentantane Sofie Marhaug og Geir Jørgensen om ei kraftfull satsing på lokal energiproduksjon og -sparing og representantforslag frå stortingsrepresentantane Lars Haltbrekken og Kim Thoresen-Vestre om ein plan for enøk, jf. Innst. 192 S (2022–2023), romartal I.

Som ei oppfølging av presiseringa i mandatet i tilleggsavtalen styrker Enova satsinga på energi i breitt og energieffektivisering meir spesifikt. Dette inneber mellom anna ei ny investeringsstøtte retta mot burettslag, sameige og yrkesbygg som koplar støtta til energimerket og forbetra energiyting basert på ei grundig kartlegging. Formålet med investeringsstøtta er å auke etterspurnaden og gjennomføringa av energitiltak, auke andelen energimerkte næringsbygg og etablere ein marknad for energitenester. Enova har dessutan styrkt satsinga på einebustader og småhus gjennom Enovatilskotet ved å auke budsjettet.

Departementet viser elles til svar på oppmodingsvedtak 21 (2022–2023) og til utvida omtale under kap. 1428.50.

Departementet ser med dette vedtaket som følgt opp.

Støtte til energieffektivisering og lokal energiproduksjon hos hushalda

Vedtak nr. 509, 23. februar 2023

«Stortinget ber regjeringen gi Enova et tilleggs mandat om å sørge for økt forsyningssikkerhet ved å bidra til vesentlig mer energieffektivisering og lokal energiproduksjon hos husholdninger. Dette må gjøres gjennom støtte til moden teknologi som gir raske reduksjoner i bruk av strøm fra nettet, for eksempel gjennom varmepumper, etterisolering av deler av bygningskroppen, utskiftning av vinduer, batterier, bergvarme og lignende. Det må gis støtte med samtidig utbetaling. Tilleggsmandatet til Enova må være på plass innen mars 2023.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av representantforslag frå stortingsrepresentantane Sofie Marhaug og Geir Jørgensen om ei kraftfull satsing på lokal energiproduksjon og -sparing og representantforslag frå stortingsrepresentantane Lars Haltbrekken og Kim Thoresen-Vestre om ein plan for enøk, jf. Innst. 192 S (2022–2023), romartal II.

Departementet viser til svar på oppmodingsvedtak 21, 23 og 507 (2022–2023) og til utvida omtale under kap. 1428.50.

Departementet ser med dette vedtaket som følgt opp.

Gamle nedlagde gruver i Noreg og forureiningsfaren dei utgjer

Vedtak 608, 18. april 2023

«Stortinget ber regjeringen innhente en total oversikt over gamle nedlagte gruver i Norge og forurensningsfaren de utgjør ut ifra de stedegne kvalitetene til vann- og jordforekomstene, og innen utgangen av vårsesjonen 2024 komme tilbake til Stortinget på egnet måte.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av representantforslag frå stortingsrepresentantane Lars Haltbrekken, Birgit Oline Kjerstad og Torgeir Knag Fylkesnes om opprydding av nedlagde og forureinande gruver, jf. Dok. 8:112 S (2022–2023) og Innst. 265 S (2022–2023).

Vedtaket er under oppfølging. Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte.

Ein plan for korleis Noreg kan få ein leiande posisjon i produksjonen av berekraftig drivstoff

Vedtak nr. 632, 2. mai 2023

«Stortinget ber regjeringen legge frem en plan for hvordan Norge kan få en ledende posisjon i produksjonen av bærekraftig drivstoff, slik at Norge er godt posisjonert gjennom et industrielt miljø når innblandingskravene blir innført i EU, og komme tilbake til Stortinget på en egnet måte.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av representantforslag frå stortingsrepresentantane Liv Kari Eskeland, Trond Helleland, Erlend Larsen, Mona Fagerås og André N. Skjelstad under behandlinga av Meld. St. 10 (2022–2023), jf. Innst. 301 S (2022–2023).

I Hurdalsplattforma varsla regjeringa at vi vil leggje fram ein heilskapleg plan for norsk bioenergi. Dette vil vi gjere i Klimameldingen 2035, som skal leggjast fram hausten 2024. Vedtaket vil følgjast opp i denne planen.

Ein plan for å auke produksjonen av avansert biodrivstoff i Noreg

Vedtak nr. 633, 2. mai 2023

«Stortinget ber regjeringen raskt legge frem en plan for å øke produksjonen av avansert biodrivstoff i Norge.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av representantforslag frå stortingsrepresentantane Liv Kari Eskeland, Trond Helleland, Erlend Larsen, Mona Fagerås og André N. Skjelstad under behandlinga av Meld. St. 10 (2022–2023), jf. Innst. 301 S (2022–2023).

I Hurdalsplattforma varsla regjeringa at vi vil leggje fram ein heilskapleg plan for norsk bioenergi. Dette vil vi gjere i Klimameldingen 2035, som skal leggjast fram hausten 2024. Vedtaket vil følgjast opp i denne planen.

Ein plan for auka produksjon av og etterspurnad etter biogass

Vedtak nr. 674, 23. mai 2023

«Stortinget ber regjeringen legge fram en plan for økt produksjon av og etterspørsel etter biogass, og komme tilbake til Stortinget på egnet måte senest i forbindelse med revidert nasjonalbudsjett for 2024.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av representantforslag frå stortingsrepresentantane Lars Haltbrekken og Birgit Oline Kjerstad om utsleppskutt med biodrivstoff og representantforslag frå stortingsrepresentantane Rasmus Hansson, Kristoffer Robin Haug og Lan Marie Nguyen Berg om auka produksjon og forbruk av biogass, jf. Innst. 312 S (2022–2023), romartal I. Vedtaket er til behandling i Klima- og miljødepartementet og er under oppfølging. Vedtak nr. 674 vil vere ein naturleg del av dette arbeidet. I Hurdalsplattforma varsla regjeringa at vi vil leggje fram ein heilskapleg plan for norsk bioenergi. Dette vil vi gjere i Klimameldingen 2035, som skal leggjast fram hausten 2024. Vedtaket vil følgjast opp i denne planen.

Ein oppdatert Klimaplan med konkrete verkemiddel

Vedtak nr. 760, 5. juni 2023

«Stortinget ber regjeringen i løpet av 2024 legge frem for Stortinget en oppdatert Klimaplan med konkrete virkemidler som viser hvordan klimamålene i 2030 skal nås.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av representantforslag frå stortingsrepresentantane Lars Haltbrekken, Birgit Oline Kjerstad og Kari Elisabeth Kaski om klimatiltak som monnar, jf. Innst. 475 S (2022–2023).

Noreg har meldt inn til FN under Parisavtalen at vi skal redusere klimagassutsleppa innan 2030 med 55 pst. samanlikna med 1990. Regjeringa jobbar systematisk med å følgje opp og sikre framgang med konkrete verkemiddel som vil gje utsleppskutt. Klimastatus og -plan blir lagd fram årleg og samanfattar klimapolitikken til regjeringa.

Hovudverkemidla i klimapolitikken som prising av utslepp gjennom CO2-avgift og EUs kvotesystem, i tillegg til støtte til teknologiutvikling, er godt forankra gjennom tidlegare klimaforlik og klimameldingar. Regjeringa vil auke avgiftene på ikkje-kvotepliktige utslepp fram mot 2030 til 2 000 2020-kroner per tonn CO2.

I tillegg vil regjeringa i løpet av 2024 leggje fram ei stortingsmelding om klima for perioden fram mot 2035. Klimapolitikken blir utvikla og styrkt over tid. Stortingsmeldinga vil byggje vidare på klimapolitikken med eit perspektiv mot 2035 og vil innehalde verkemiddel som også støttar opp under måla for 2030, og for 2050, da Noreg skal vere eit lågutsleppssamfunn. Vedtaket vil følgjast opp i denne meldinga.

Auke omsetningskravet for biodrivstoff til vegtrafikken og innføre delkrav for avansert biodrivstoff basert på A-råstoff

Vedtak nr. 915, 16. juni 2023

«Stortinget ber regjeringen fremme forslag om å øke omsetningskravet for biodrivstoff for veitrafikken samt å innføre et eget delkrav for avansert biodrivstoff basert på A-råstoff på høring, med sikte på innføring fra 1. januar 2024. Følgende forslag til økt omsetningskrav sendes på høring: Omsetningskravet for biodrivstoff til veitrafikk økes fra 17 til 19 pst. Delkravet for avansert biodrivstoff økes fra 12,5 til 14,5 pst. Det innføres et delkrav til avansert biodrivstoff fra A-råstoff på 1, 2 eller 3,5 pst.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Revidert nasjonalbudsjett 2023, jf. Innst. 490 S (2022–2023), romartal II.

På vegne av Klima- og miljødepartementet utarbeidde Miljødirektoratet eit forslag om å auke omsetningskravet for vegtrafikk frå 17 til 19 pst. Forslaget vart sendt på høyring 23. juni 2023, foreslått å gjelde frå 1. januar 2024.

Regjeringa vil auke omsetningskravet i vegtrafikken frå 17 til 19 pst. frå 1. januar 2024. Delkravet til avansert biodrivstoff blir vidareført på 12,5 pst. Avansert biodrivstoff basert på A-råstoff er monaleg dyrare enn konvensjonelt biodrivstoff. Fleire høyringsinnstansar meinte det var for tidleg å innføre delkrav til A-råstoff allereie i 2024. Det blir av den grunn ikkje innført eit delkrav til avansert drivstoff basert på A-råstoff. Vedtaket blir rekna som utkvittert.

Auke omsetningskravet for biodrivstoff i luftfarten og varsle framtidig opptrapping

Vedtak nr. 916, 16. juni 2023

«Stortinget ber regjeringen fremme forslag om å øke omsetningskravet for biodrivstoff i luftfarten til 2 pst. med ikrafttredelse fra 1. januar 2024. Samtidig skal det i statsbudsjettet for 2024 varsles fremtidig opptrapping.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Revidert nasjonalbudsjett 2023, jf. Innst. 490 S (2022–2023), romartal III.

Miljødirektoratet har på oppdrag frå Klima- og miljødepartementet hatt på høyring eit forslag om å auke omsetningskravet for avansert biodrivstoff til luftfart frå 0,5 til 2 pst. med foreslått ikraftsetjing 1. juli 2023. Frist for fråsegner var 9. mars 2023.

Det har komme atskilleg med innvendingar i høyringsrunden. Dei fleste høyringsinnspela er kritiske til ein auke i omsetningskravet og ønskjer at auken blir utsett. Høyringsinstansane ber om ei utsetjing av auken i omsetningskravet til det felleseuropeiske omsetningskravet blir innført, som er foreslått å gjelde i EU frå 2025. Dette er grunngjeve med at eit auka nasjonalt krav vil forsterke konkurranseulempa norske aktørar har samanlikna med europeiske aktørar. Før vi fremjar forslag om å auke omsetningskravet i luftfarten, må vi sikre at norske flyselskap får godskrive bruken av biodrivstoff i kvotesystemet, slik at insentivet og hensikta til verkemiddelet blir varetekne i størst mogleg grad. Frå 2025 vil omsetningskravet for luftfart følgje ein opptrappingsplan på same nivået som opptrappingsplanane i EU frå RefuelEU Aviation. Omsetningskravet for luftfart blir ikkje endra i 2024. Vedtaket blir rekna som utkvittert.

Auke omsetningskravet for biodrivstoff for ikkje-veggåande maskiner

Vedtak nr. 917, 16. juni 2023

«Stortinget ber regjeringen fremme forslag om å øke omsetningskravet for biodrivstoff for ikke-veigående maskiner på høring med sikte på innføring fra 1. januar 2024. Følgende omsetningskrav sendes på høring: 12 pst., 15 pst. og 19 pst.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Revidert nasjonalbudsjett 2023, jf. Innst. 490 S (2022–2023), romartal IV.

Opptrapping av omsetningskravet for ikkje-veggåande maskiner som skissert i vedtak 917 føreset nye, større konsekvensutgreiingar. For dei omfattande aukane i kravet slik vedtaket ber om for ikkje-veggåande maskiner, bør mellom anna avgrensing mot landbasert kvotepliktig industri vurderast, i tillegg til at konsekvensar for aktørane innanfor jordbruk og skogbruk bør belysast nærmare. Omsetningskravet for biodrivstoff på 10 pst. for ikkje-veggåande maskiner vart innført 1. januar 2023, og vi har ikkje hatt tid til å erfare korleis kravet fungerer i praksis. Før omsetningskravet blir auka ytterlegare, bør vi trekkje inn erfaringar med det nyleg innførte kravet og sjå på om dokumentasjonskrava er tilfredsstillande.

For å sikre forsvarlege utgreiingar, stabilitet og føreseielege rammevilkår er det ikkje mogleg med tidslinja som vedtaket legg opp til. Innkjøparane må få tid til og føreseielege vilkår for å planleggje innkjøpa sine. Det vil dei ikkje få med auka krav frå 1. januar 2024 og varsling av desse i statsbudsjettet hausten 2023. Det vil tidlegast vere mogleg å auke omsetningskrava for ikkje-veggåande maskiner innan 1. januar 2025. Dette avheng av om ei slik opptrapping er fornuftig i eit heilskapleg perspektiv, noko som vi ikkje har svar på før dette er greidd ut. Det skal innførast faste kontrollpunkt for heilskaplege evalueringar av total biodrivstoffbruk, og med ei slik evaluering vil det òg vere naturleg å vurdere opptrapping for ikkje-veggåande maskiner. Saka er til behandling i departementet. Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte.

Auke omsetningskravet for biodrivstoff til sjøfart

Vedtak nr. 918, 16. juni 2023

«Stortinget ber regjeringen høsten 2023 sende på høring et forslag om å øke omsetningskravet for biodrivstoff til sjøfart. Det sendes på høring forslag om økning til 8 pst., 10 pst. og 12 pst.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Revidert nasjonalbudsjett 2023, jf. Innst. 490 S (2022–2023), romartal V.

Omsetningskravet for sjøfart blir innført på 6 pst. frå 1. oktober 2023. Dette er eit heilt nytt krav i ein annan marknad der det i dag ikkje finst infrastruktur for biodrivstoff. Det er følgjeleg også her behov for å trekkje inn erfaringar før kravet blir auka. Vedtaket inneber vidare ein vesentleg auke i omsetningskravet. Dette inneber at konsekvensane av auken må greiast ut i tråd med krava i utgreiingsinstruksen og høyrast i tråd med krava i forvaltningslova. For å sikre forsvarlege utgreiingar, stabilitet og føreseielege rammevilkår er det ikkje mogleg med tidslinja som vedtaket legg opp til. Høyringa avheng av om ei slik opptrapping er fornuftig i eit heilskapleg perspektiv, noko som vi ikkje har svar på før dette er greidd ut. Det skal innførast faste kontrollpunkt for heilskaplege evalueringar av total biodrivstoffbruk, og med ei slik evaluering vil det òg vere naturleg å vurdere opptrapping for ikkje-veggåande maskiner. Saka er til behandling i departementet.

Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte.

Rett prising av negative utslepp

Vedtak nr. 919, 16. juni 2023

«Stortinget ber regjeringen gjennomføre en ekstern utredning av virkemidler for samfunnsøkonomisk riktig prising av negative utslipp, slik som negativ CO2-avgift eller omvendte auksjoner, og vurdere muligheten for at støtte til CO2-fjerning (negative utslipp) kan kombineres med salg av klimakreditter.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Revidert nasjonalbudsjett 2023, jf. Innst. 490 S (2022–2023), romartal VI.

I rapporten Klimatiltak i Norge fram mot 2030 viser Miljødirektoratet at karbonfjerning i form av bio-CCS og DAC kan ha eit stort utsleppsreduksjonspotensial fram mot 2030. Regjeringa arbeider med å vurdere korleis vedtaket kan følgjast opp på mest mogleg effektiv måte. Oppfølginga vil skje i samarbeid med Olje- og energidepartementet og Miljødirektoratet.

Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte.

Stortingssesjon 2021–2022

Verkemiddel for raske utsleppskutt for store punktutslepp

Vedtak nr. 35.4, 2. desember 2021

«Stortinget ber regjeringa vurdere ulike verkemiddel som kan bidra til raske utsleppskutt for store industrielle punktutslepp, irekna system for differansekontraktar.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av innstilling frå finanskomiteen om nasjonalbudsjettet for 2022 og forslaget til statsbudsjett for 2022, jf. Innst. 2 S (2021–2022).

Enova har lansert punktutsleppsprogrammet Industri 2050 der dei støttar utvikling og realisering av teknologisprang som bidreg til ein industri tilpassa lågutsleppssamfunnet. Dei støttar reduksjon av bruk av fossile energiberarar til oppvarming og mekaniske arbeidsprosessar, reduksjon av klimagassutslepp frå produksjonsprosessar og fangst og permanent lagring av CO2-utslepp. Vedtaket er under oppfølging. Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte.

Krav om nullutslepp og fossilfrie byggje- og anleggsplassar i offentlege anbod

Vedtak nr. 35.10, 2. desember 2021

«Stortinget ber regjeringen utrede forslag om krav om nullutslipp og fossilfrie bygge- og anleggsplasser i offentlige anbud i løpet av 2022.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av innstilling frå finanskomiteen om nasjonalbudsjettet for 2022 og forslaget til statsbudsjett for 2022, jf. Innst. 2 S (2021–2022).

Som ein del av oppfølginga av dette oppmodingsvedtaket har Klima- og miljødepartementet bestilt eit oppdatert kunnskapsgrunnlag frå Miljødirektoratet om barrierar og potensial for utsleppskutt i byggje- og anleggsverksemda. Dette kunnskapsgrunnlaget vart levert 26. mai 2023. I rapporten er offentleg anbod eit av fleire verkemiddel som kan bidra til å redusere barrierar for omstillinga av byggje- og anleggsnæringa. Klima- og miljødepartementet har gjeve Miljødirektoratet i oppdrag å greie ut krav i offentlege anskaffingar og vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte.

Forbod mot bruk av fossile brensel på byggjeplassar

Vedtak nr. 35.11, 2. desember 2021

«Stortinget ber regjeringen utrede forbud mot bruk av fossile brensler på byggeplasser og melde tilbake til Stortinget senest i forbindelse med revidert nasjonalbudsjett 2022.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av innstilling frå finanskomiteen om nasjonalbudsjettet for 2022 og forslaget til statsbudsjett for 2022, jf. Innst. 2 S (2021–2022).

Som ein del av oppfølginga av dette oppmodingsvedtaket har Klima- og miljødepartementet bestilt eit oppdatert kunnskapsgrunnlag frå Miljødirektoratet om barrierar og potensial for utsleppskutt i byggje- og anleggsverksemda. Dette kunnskapsgrunnlaget vart levert 26. mai 2023. Fordelane og ulempene ved å varsle eit forbod mot fossile brensel langt fram i tid er eit verkemiddel som må greiast ut nærmare. Difor har Klima- og miljødepartementet gjeve Miljødirektoratet i oppdrag å greie ut eit forbod mot fossile brensel på byggjeplassar og vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte.

Erstatte fossile brensel i industrien

Vedtak nr. 35.16, 2. desember 2021

«Stortinget ber regjeringen utrede hvordan man kan erstatte fossile brensler i industrien og komme tilbake til Stortinget i løpet av 2022.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av innstilling frå finanskomiteen om nasjonalbudsjettet for 2022 og forslaget til statsbudsjett for 2022, jf. Innst. 2 S (2021–2022).

På bakgrunn av oppmodingsvedtaket fekk Miljødirektoratet våren 2022 i oppdrag å utarbeide ei oversikt over moglegheitene for å erstatte fossile brensel i fastlandsindustrien. For ikkje-kvotepliktige utslepp skulle det gjerast ei oppdatert vurdering av underlaget frå Klimakur 2030-rapporten og ei ytterlegare vurdering av moglege verkemiddel for å erstatte fossil fyring, som effekten av avgift til 2 000 kroner i 2030 og mogleg forbod frå 2030, eventuelt i kombinasjon med støtteordningar. For dei kvotepliktige utsleppa skulle svaret gje ei oversikt over moglege tiltak og barrierar for å redusere utslepp frå forbrenning. Oppdraget vart levert i juni 2022. Miljødirektoratet peiker i leveransen sin på at eit forbod mot fossil fyring vil måtte greiast ut i tråd med utgreiingsinstruksen, med ei fullstendig konsekvensutgreiing. På bakgrunn av dette har Miljødirektoratet gjennomført konsekvensanalysen Forbud mot bruk av fossile brensler til energiformål i industrien fra 2030 som vart levert våren 2023.

Miljødirektoratet tilrår at eit forbod i første omgang blir avgrensa til berre å gjelde indirekte bruk av fossile brensel. Forbodet vil da i all hovudsak omfatte utsleppskjelder som det vil vere relativt enkelt, teknisk sett, å elektrifisere. Direktoratet vurderer at det mest tenlege er å varsle eit forbod i både kvotepliktig og ikkje-kvotepliktig industri for å sikre likebehandling for små bedrifter innanfor og utanfor kvotesystemet.

Det blir vist til vedtak nr. 112 for omtale av oppfølginga av vedtaket.

Oppfylle mål om 10 pst. vern av kyst- og havområde og fremje nasjonal plan for marint vern

Vedtak nr. 35.20, 2. desember 2021

«Stortinget ber regjeringen oppfylle målet om 10 pst. vern av kyst- og havområder innen 2030, og fremme nasjonal plan for marint vern».

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av innstilling frå finanskomiteen om nasjonalbudsjettet for 2022 og forslaget til statsbudsjett for 2022, jf. Innst. 2 S (2021–2022).

Oppfølginga av tiltaka i Meld. St. 29 (2020–2021) Heilskapleg nasjonal plan for bevaring av viktige område for marin natur står sentralt i det vidare arbeidet med vern av kyst- og havområde. Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte med status for arbeidet.

Greie ut produsentansvarsordning for tekstilar

Vedtak nr. 512, 3. mai 2022

«Stortinget ber regjeringen utrede en produsentansvarsordning for tekstiler».

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Dokument 8:111 S (2021–2022) Representantforslag om en mer bærekraftig og sirkulær tekstilindustri, jf. Inns. 259 S (2021–2022), tilråding romartal I i innstillinga.

Departementet sette hausten 2022 ned ei arbeidsgruppe for å greie ut produsentansvarsordning for tekstilar. Arbeidsgruppa leverte i september 2023 tilrådinga si om korleis ei produsentansvarsordning for tekstilar bør innrettast. Forslaget er no til vurdering hos Klima- og miljødepartementet. Til orientering foreslo EU-kommisjonen sommaren 2023 å innføre utvida produsentansvar for tekstilar som no blir behandla i EU.

Departementet ser på vedtaket som følgt opp.

Gjennomgå regelverk og vurdere endringar for å sikre at klesbransjen bruker uselde tekstilvarer om att

Vedtak nr. 513, 3. mai 2022

«Stortinget ber regjeringen gjennomgå regelverket og vurdere endringer for å sikre at klesbransjen i større grad gjenbruker usolgte tekstilvarer i stedet for å destruere dem, og komme tilbake til Stortinget på egnet måte.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Dokument 8:111 S (2021–2022) Representantforslag om en mer bærekraftig og sirkulær tekstilindustri, jf. Inns. 259 S (2021–2022), tilråding romartal II i innstillinga.

Finansdepartementet har gjeve Skattedirektoratet i oppdrag å vurdere endringar av skatteregelverket for varer som blir gjevne til velgjerande formål, og som elles ville blitt kasta. Skattedirektoratet har foreslått endringar som er til vurdering hos Finansdepartementet. Som del av den nye økodesignforordninga foreslår EU-kommisjonen at store selskap må offentleggjere talet på uselde produkt dei kastar, og korleis overskotsvarer (inkludert tekstilar) blir handterte med tanke på ombruk, materialattvinning eller liknande. EU-landa (Rådet) og EU-parlamentet ønskjer eit forbod mot at store selskap kan destruere uselde tekstilar, direkte i forordninga, medan EU-kommisjonen hadde foreslått ein lovheimel for å fastsetje slike forbod i utfyllande rettsakter. Regelverket er no under forhandling i EU. Regjeringa har sendt eit forslag til ny lov om berekraftige produkt og verdikjeder på høyring, som foreslår å gjennomføre forslaget til ny økodesignforordning i norsk rett, og vil i samband med det komme tilbake til Stortinget.

Departementet ser på vedtaket som følgt opp.

Verkemiddel som kan bidra til å gjere direkte karbonfangst frå luft (DAC) lønnsamt

Vedtak nr. 713, 10. juni 2022

«Stortinget ber regjeringen vurdere virkemidler som kan bidra til å gjøre direkte karbonfangst fra luft (DAC) lønnsomt, herunder hvordan CO2-avgiften og handlingsrommet innenfor kvotehandelssystemet kan innrettes for å få til dette.»

Vedtaket vart gjort i behandlinga av Meld. St. 11 (2021–2022), tilleggsmelding til Meld. St. 36 (2020–2021), jf. Innst. 446 S (2021–2022), tilråding romartal XLIV i innstillinga.

Vedtaket er under oppfølging. Miljødirektoratet har levert eit notat til Klima- og miljødepartementet om potensial, kostnader og moglege verkemiddel for industriell karbonfjerning. Vidare oppfølging av vedtaket vil sjåast i samanheng med Stortingets vedtak nr. 919, 16. juni 2023, om rett prising av CO2-fjerning.

Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte med status for arbeidet.

Levere ein plan for harmonisering av rammeverk for biogass i Norden

Vedtak nr. 753, 10. juni 2022

«Stortinget ber regjeringen om å følge opp initiativ til å harmonisere rammevilkårene for biogassproduksjon i Norden og komme tilbake til Stortinget med en plan for dette i forbindelse med budsjett for 2023, samtidig gjennomgå virkemidler for biogass i andre nordiske land og vurdere endringer for å sikre at norske biogassprodusenter er mer konkurransedyktige i møte med utenlandsk gassproduksjon.»

Vedtaket vart gjort i behandlinga av Meld. St. 11 (2021–2022), tilleggsmelding til Meld. St. 36 (2020–2021), jf. Innst. 446 S (2021–2022), tilråding romartal XLV i innstillinga.

Miljødirektoratet har, på oppdrag frå departementet, levert ein rapport som gjennomgår verkemidla for biogass i Noreg, Sverige og Danmark. Miljødirektoratet kom ikkje med tilrådingar til korleis eller om rammevilkåra i Noreg bør endrast.

Rapporten viser at Noreg, Sverige og Danmark alle har verkemiddel for produksjon og bruk av biogass, men verkemidla treffer ulike delar av verdikjeda til biogassen og har ulik storleik. Gjennom Enova har den norske staten over fleire år gjeve mykje støtte til produksjon av biogass. Ser ein berre på investeringsstøtte, gjev det ikkje eit fullstendig bilete av rammevilkåra for biogassproduksjon i Noreg, Sverige og Danmark. Landa har strukturelle skilnader som gjer det vanskeleg å samanlikne effekten av ulike verkemiddel på tvers av landa. Noreg har til dømes det største samla avgiftsfritaket.

På bakgrunn av kunnskapen som kom fram i rapporten frå Miljødirektoratet, har Klima- og miljødepartementet drøfta problemstillinga for Nordisk råd. Landa skal no belyse problemstillingane som oppstår ved ulik verkemiddelbruk, og har gjeve embetskomiteen under Nordisk råd (EK-MK) i oppdrag å vurdere korleis saka kan følgjast opp vidare i det nordiske samarbeidet. Vedtaket er under oppfølging og vil følgjast opp som ein del av ein heilskapleg plan for norske bioressursar.

Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte.

Utarbeide rapporteringssystem for bruk av berekraftig biodrivstoff utanfor omsetningskravet

Vedtak nr. 837, 17. juni 2022

«Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget med tilsvarende modell som Sverige for Norge for avansert biodrivstoff, og snarest mulig utarbeide et rapporteringssystem for bruk av bærekraftig biodrivstoff utover omsetningskravet, som oppfyller bærekraftskriteriene for biodrivstoff, og som ikke inneholder biodrivstoff med avskogingsrisiko. Dersom Sverige i prosessen med EU-kommisjonen ikke får gjennomslag for den foreslåtte modellen, bes regjeringen komme tilbake til Stortinget med forslag til ny modell.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Meld. St. 2 (2021–2022), revidert nasjonalbudsjett, jf. Innst. 450 S (2021–2022).

Klima- og miljødepartementet er ansvarleg for den delen av vedtaket som går ut på eit rapporteringssystem for biodrivstoff utanfor omsetningskravet. Departementet har i mars 2023 fått ein rapport frå Miljødirektoratet om «System for flytende biodrivstoff utover omsetningskrav – Svar på oppdrag om å utrede og vurdere system for bruk av biodrivstoff utover statlige omsetningskrav».Vi har fått ein rapport om system for bruk av berekraftig biodrivstoff utover omsetningskravet og følgjer opp tilrådingane i rapporten frå Miljødirektoratet.

I oppmodingsvedtaket ber Stortinget regjeringa også om å komme tilbake til Stortinget med ein tilsvarande modell som Sverige for Noreg for avansert biodrivstoff. Dette er nærmare omtalt i Prop. 1 LS (2023–2024) Skatter, avgifter og toll 2024.

Regjeringa ser vedtaket som utkvittert.

Stortingssesjon 2020–2021

Bidra til gjennomføring av tiltak initierte av lokale og regionale styresmakter som reduserer utslepp i verdsarvfjordane

Vedtak nr. 690, 25. februar 2021

«Stortinget ber regjeringen bidra til gjennomføring av tiltak initiert av lokale og regionale myndigheter, som reduserer utslipp i verdensarvfjordene.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Dokument 8:23 S (2020–2021) Representantforslag om utsettelse av kravet om nullutslipp i verdensarvfjordene fra 2026, jf. Innst. 251 S (2020–2021).

Oppmodingsvedtaket vil bli følgt opp i samband med oppfølginga av vedtak nr. 691, 25. februar 2021, og vedtak nr. 672, 3. mai 2018.

Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte.

Tiltak som sikrar verdsarvfjordane som anløpshamn for cruisebåtar også etter 2026 – etablering av landstraum i Flåm mv.

Vedtak nr. 691, 25. februar 2021

«Stortinget ber regjeringen foreslå tiltak som sikrer verdensarvfjordene som anløpshavn for cruisebåter også etter 2026, blant annet ved at staten sikrer etablering av landstrøm i Flåm som planlagt innen 2022.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Dokument 8:23 S (2020–2021) Representantforslag om utsettelse av kravet om nullutslipp i verdensarvfjordene fra 2026, jf. Innst. 251 S (2020–2021).

Oppmodingsvedtaket vil bli følgt opp i samband med oppfølginga av vedtak nr. 690, 25. februar 2021, og vedtak nr. 672, 3. mai 2018.

Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte.

Verkemiddel for meir effektiv og einskapleg skadefelling av rovvilt

Vedtak nr. 751, 11. mars 2021

«Stortinget ber regjeringen fremme forslag om egnede virkemidler som gjør skadefelling av rovvilt mer effektivt og enhetlig.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Dokument 8:86 S (2020–2021), Representantforslag om mer effektiv skadefelling av store rovdyr, jf. Innst. 255 S (2020–2021). Klima- og miljødepartementet har fått ei fagleg vurdering og tilråding om vidare oppfølging av oppmodingsvedtaket frå Miljødirektoratet, og departementet har gjeve direktoratet beskjed om å følgje opp i tråd med tilrådinga. Dei sentrale punkta gjeld bruk av tekniske hjelpemiddel for raskare oppdaging av skadar og betre varslingsrutinar og vidare arbeid med spesialiserte rovvilthundar. Når det gjeld hund, vil det i samband med revisjonen av viltlova gjerast ei nærmare vurdering av dette. I RNB 2023 vart det også gjeve 10 mill. kroner ekstra for arbeid med effektiv skadefelling i kommunane, til dømes til oppgradering av tekniske hjelpemiddel.

Departementet ser på vedtaket som utkvittert.

Kompetanseoverføringsprosjekt om skadefelling

Vedtak nr. 752, 11. mars 2021

«Stortinget ber regjeringen iverksette et kompetanseoverføringsprosjekt for at de metodene og de erfaringene som er gjort av skadefellingslagene i Nord-Østerdal og Engerdal, blir overført til skadefellingslag andre steder i landet. Det bør utarbeides et kursopplegg og etableres et permanent nettverk som sikrer overføring av kunnskap og kompetanse.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Dokument 8:86 S (2020–2021), Representantforslag om mer effektiv skadefelling av store rovdyr, jf. Innst. 255 S (2020–2021). Klima- og miljødepartementet har fått ei fagleg vurdering og tilråding om vidare oppfølging av oppmodingsvedtaket frå Miljødirektoratet, og departementet har gjeve direktoratet beskjed om å følgje opp i tråd med tilrådinga. Dei sentrale punkta er å inkludere erfaringane frå Nord-Østerdal og Engerdal i eksisterande kursmateriell i kursinga som blir gjord i regi av NJFF, inkludere erfaringane i fellingsrettleiinga utarbeidd av Statens naturoppsyn mfl. og dessutan halde eit seminar for kommunar og fellingsleiarar der erfaringane blir drøfta.

Departementet ser på vedtaket som utkvittert.

Forslag om verkemiddel for meir effektiv lisensfelling

Vedtak nr. 753, 11. mars 2021

«Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget med forslag til hvordan virkemidler knyttet til skadefelling også kan bidra til å gjøre lisensfelling mer effektiv.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Dokument 8:86 S (2020–2021), Representantforslag om mer effektiv skadefelling av store rovdyr, Innst. 255 S (2020–2021). Klima- og miljødepartementet har fått ei fagleg vurdering og tilråding om vidare oppfølging av oppmodingsvedtaket frå Miljødirektoratet, og departementet har gjeve direktoratet beskjed om å følgje opp i tråd med tilrådinga. Bruk av spesialiserte rovvilthundar, som ofte primært er alte opp og dresserte med tanke på skadefelling, vil samstundes kunne bidra til å gjere lisensfellinga meir effektiv. Eit vidare arbeid med spesialiserte rovvilthundar er vurdert som det mest aktuelle tiltaket for meir effektiv lisensfelling.

Departementet ser på vedtaket som utkvittert.

Nasjonal plan for å gjere land- og ladestraum, hydrogen, ammoniakk og andre grøne drivstoff tilgjengelege

Vedtak nr. 831, 22. april 2021

«Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget med en nasjonal plan for å gjøre land- og ladestrøm, hydrogen, ammoniakk og andre grønne drivstoff tilgjengelig.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Meld. St. 10 (2020–2021) Grønnere og smartere – morgendagens maritime næring, jf. Innst. 338 S (2020–2021).

På oppdrag frå Klima- og miljødepartementet har DNV levert ein underlagsrapport om føresetnader, status, behov og barrierar for tilgjengeleggjering av ulike alternative berekraftige drivstoff til skipsfarten. Departementet arbeider no med utforminga av den nasjonale planen. Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte.

Forslag om revidering av motorferdsellova

Vedtak nr. 973, 25. mai 2021

«Stortinget ber regjeringen fremme forslag om revidering av lov om motorferdsel i utmark og vassdrag med sikte på økt lokalt selvstyre og redusert byråkrati knyttet til praktiseringen av loven, samtidig som hensyn til natur og friluftsliv blir ivaretatt.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Dokument 8:155 S (2020–2021), Representantforslag om lokalt selvstyre over motorisert ferdsel i utmark, og Dokument 8:161 S (2020–2021), Representantforslag om revidering av lov om motorferdsel i utmark og vassdrag med sikte på redusert byråkrati, jf. Innst. 429 S (2020–2021)

Vedtaket frå Stortinget er bakgrunnen for at Kongen i statsråd 3. september 2021 sette ned eit offentleg utval som skal gjennomgå regelverket om motorferdsel i utmark og vassdrag og foreslå endringar i dette. Utvalet skal levere utgreiinga innan 1. desember 2023. Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget med saka på eigna måte.

Oppfølging av globalt rammeverk for naturmangfald

Vedtak nr. 976, 25. mai 2021

«Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget om oppfølgingen av det globale rammeverket for naturmangfold på egnet måte så fort som mulig etter at rammeverket er på plass.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Dok. 8:174 S (2020–2021), Representantforslag om en strategifor arbeidet med FNs naturavtale, jf. Innst. 434 S (2020–2021).

Forhandlingane om eit globalt rammeverk for naturmangfald vart avslutta under COP 15 i Montreal i Canada, 7.–19. desember 2022. Regjeringa har starta arbeidet med ei stortingsmelding om korleis Noreg skal følgje opp rammeverket.

Regjeringa tek sikte på å leggje fram stortingsmeldinga i løpet av 2024.

Greie ut insentivordning for at frivillige, inkl. lag og organisasjonar, vil bidra til rydding av plast

Vedtak 1001, 27. mai 2021

«Stortinget ber regjeringen utrede en incentivordning for at flere frivillige, inkludert lag og organisasjoner, vil bidra til rydding av plast.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Dokument 8:236 S (2020–2021) Representantforslag om globale og nasjonale tiltak for renere hav og håndtering av plast, jf. Innst. 445 S (2020–2021).

Senter mot marin forsøpling (Marfo) har etter oppdrag frå Klima- og miljødepartementet evaluert ordninga for tilskot til tiltak mot marin forsøpling og greidd ut moglege tiltak for styrkt tilrettelegging og koordinering av opprydding av marin forsøpling, inkludert det frivillige oppryddingsarbeidet. Klima- og miljødepartementet har vurdert utgreiingane, og det blir teke omsyn til desse i det vidare arbeidet.

Departementet ser på vedtaket som følgt opp.

Tilskotsordning som dekkjer kostnadene med leveransar av avfall etter frivillige ryddeaksjonar

Vedtak 1004, 27. mai 2021

«Stortinget ber regjeringen vurdere å innføre en tilskuddsordning som dekker kostnadene forbundet med leveranser av avfall etter frivillige ryddeaksjoner. Stortinget ber regjeringen legge frem en sak om dette i forbindelse med statsbudsjettet for 2022.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Dok. 8:236 S (2020–2021) Representantforslag om globale og nasjonale tiltak for renere hav og håndtering av plast, jf. Innst. 445 S (2020–2021).

Miljøstyresmaktene forvaltar ei tilskotsordning for støtte til tiltak mot marin forsøpling. I 2023 vart det delt ut 33,5 mill. kroner til ulike oppryddingstiltak og nokre førebyggjande tiltak. Nokre kommunar har avfallsanlegg som tek imot rydda avfall gratis, medan andre tek betalt. Dekning av kostnader til levering av avfall inngår ofte i prosjekta som får støtte. Refusjonar til frivillige av mindre utgifter til ryddeutstyr, transport og levering av rydda avfall har i fleire år vore handterte ved Hold Norge Rents refusjonsordning. Midlar til refusjonsordninga har inngått i støtta Hold Norge Rent har fått frå tilskotsordninga. Handelens Miljøfond har auka støtta til det frivillige oppryddingsarbeidet, og støtta kan òg dekkje slike utgifter.

På oppdrag frå Klima- og miljødepartementet har Marfo gjennomført ei utgreiing av tiltak for styrkt tilrettelegging og koordinering av opprydding av marin forsøpling. Moglege andre grep knytte til dekning av utgifter til levering av avfall inngår i utgreiinga. Klima- og miljødepartementet vurderer no situasjonen samla. Regjeringa meiner det ikkje er aktuelt med ei ytterlegare tilskotsordning.

Departementet ser på vedtaket som følgt opp.

Harmonisere rammevilkåra for biogassproduksjon i Norden

Vedtak 1009, 27. mai 2021

«Stortinget ber regjeringen om å ta initiativ til å harmonisere rammevilkårene for biogassproduksjon i Norden og komme tilbake til Stortinget med en plan for dette for å bidra til å utvikle biogassnæringen i Norge.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Dok. 8:231 S (2020–2021) Representantforslag om å fjerne de statlige barrierene for produksjon og bruk av biogass, jf. Innst. 468 S (2020–2021).

Miljødirektoratet har, på oppdrag frå departementet, levert ein rapport som gjennomgår verkemidla for biogass i Noreg, Sverige og Danmark. Vi viser òg til vedtak nr. 753, 10. juni 2022, om harmonisering av rammevilkåra for biogass i Norden. Sjå omtale av korleis rapporten blir følgd opp, under vedtak nr. 753. Vedtaket er under oppfølging, og Stortinget vil bli orientert på eigna måte.

Stortingssesjon 2019–2020

Nye mål i kulturmiljøpolitikken

Vedtak 708, 16. juni 2020

«Stortinget ber regjeringen legge til grunn at en av de nye bevaringsstrategiene skal handle om kirker, og at det i den forbindelse legges til grunn en målsetting om at alle steinkirker fra middel-alderen skal ha ordinært vedlikeholdsnivå innen 1 000-årsjubileet for slaget på Stiklestad i 2030.»

Vedtaket vart gjort ved behandling av Meld. St. 16 (2019–2020) Nye mål i kulturmiljøpolitikken –Engasjement, bærekraft og mangfold, jf. Innst. 379 S (2019–2020).

Klima- og miljødepartementet arbeider med å følgje opp Meld. St.16 (2019–2020). Bevaringsstrategiane vil bli lagde fram for Stortinget i Prop. 1 S (2023–2024). Barne- og familiedepartementet leier arbeidet med ein eigen bevaringsstrategi for kulturhistorisk verdifulle kyrkjer. Klima- og miljødepartementet bidreg som samarbeidspartnar i arbeidet.

Stortingssesjon 2018–2019

Erstatningsreglane ved tap av beitedyr til rovvilt og kompensasjonsordninga (FKT)

Vedtak nr. 383, 31. januar 2019

«Stortinget ber regjeringen foreta en vurdering av erstatningsordningene for tap av beitedyr til rovvilt og kompensasjonsordningen (FKT) og rapportere til Stortinget på egnet måte.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Dokument 8:239 S (2017–2018) Representantforslag omerstatningsreglene ved tap av beitedyr til rovvilt, jf. Innst. 140 S (2018–2019).

Departementet er i gang med oppfølginga av dette vedtaket. Når det gjeld erstatningsordninga for tap av tamrein til rovvilt, er departementet si førebelse vurdering at det er behov for å sjå på endringar i ordninga. Departementet arbeider for å få gjennomført dette og vil involvere aktuelle partar i arbeidet. Når det gjeld erstatningsordninga for tap av husdyr til rovvilt, er departementet si vurdering at det kan vere behov for enkelte justeringar i ordninga, men at det mellom anna av ressursmessige omsyn er tenleg at vidare vurderingar ventar på arbeidet med erstatningsordninga for tamrein. Når det gjeld ordninga med tilskot til førebyggjande tiltak mot rovviltskadar og konfliktdempande tiltak (FKT-ordninga), har Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) og Norsk institutt for naturforsking (NINA) utarbeidd rapporten Vurdering av FKT-ordningen (NIBIO rapport, vol. 6, nr. 130, 2020). Forvaltninga følgjer opp dette, mellom anna gjennom arbeid med forslag til revidert forskrift for tilskotsordninga. Forslag til revidert forskrift vil bli sendt på høyring. Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte.

Stortingssesjon 2017–2018

Gjenbruk gjennom kommunane sine gjenbruksstasjonar

Vedtak nr. 481, 27. februar 2018

«Stortinget ber regjeringen gi kommunene ansvar for å legge til rette for gjenbruk gjennom kommunenes gjenbruksstasjoner.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Meld. St. 45 (2016–2017), jf. Innst. 127 S (2017–2018) om Avfall som ressurs – Avfallspolitikk og sirkulær økonomi, jf. tilrådinga i innstillinga romartal II.

Det er vurdert at kommunane allereie har dette ansvaret, sjølv om det ikkje går uttrykkjeleg fram av forureiningslova, og at dette kan dekkjast over avfallsgebyret, jf. Prop. 1 S (2018–2019). Energi- og miljøkomiteen tok regjeringa si vurdering til orientering og bad om ei orientering som fortel om kommunane følgjer opp dette ansvaret, jf. Innst. 9 S (2018–2019).

Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget med ei orientering som fortel om kommunane følgjer opp.

Utleige av avfallskonteinarar frå godkjende avfallsselskap

Vedtak nr. 482, 27. februar 2018

«Stortinget ber regjeringen gi kommunene anledning til selv å bestemme om de ønsker samtykke ved utleie av avfallskonteinere fra godkjente avfallsselskaper.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Meld. St. 45 (2016–2017), jf. Innst. 127 S (2017–2018) om Avfall som ressurs – Avfallspolitikk og sirkulær økonomi, jf. tilrådinga i innstillinga romartal III.

Departementet har gjeve i oppdrag til Miljødirektoratet å vurdere verkemiddel for auka førebuing til ombruk og materialattvinning av grovavfall som blir samla inn av private aktørar. Dette er vurderingar som er relevante i oppfølginga av dette vedtaket. Miljødirektoratet har levert tilrådinga si, og dette er no til vurdering i departementet. Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte.

Matkastelov

Vedtak nr. 489, 27. februar 2018

«Stortinget ber regjeringen fremme forslag til en matkastelov som omfatter næringsmiddelindustrien og matvarebransjen. Loven bør omfatte påbud om å donere all spiselig overskuddsmat til veldedige formål og sekundært til dyrefôr, samt påbud om å offentliggjøre nøkkeltall knyttet til matsvinn og reduksjon av matsvinn.»

Vedtaket vart gjort ved behandling av Meld. St. 45 (2016–2017), jf. Innst. 127 S (2017–2018) om Avfall som ressurs – Avfallspolitikk og sirkulær økonomi, jf. tilrådinga i innstillinga romartal XV.

Regjeringa sette i februar 2023 ned eit utval som skal greie ut heilskapleg tiltaks- og verkemiddelbruk for å nå målet om 50 pst. reduksjon av matsvinnet innan 2030 og korleis ei matkastelov skal inngå i ein samla verkemiddelbruk. Utvalet skal ferdigstille utgreiinga innan utgangen av 2023, og deretter vil forslaga vurderast, og det blir lagt opp ein prosess for korleis dette skal følgjast opp.

Stortinget vil bli orientert på eigna måte.

Greie ut strengare krav til svartvass- og gråvassutslepp frå cruiseskip

Vedtak nr. 661, 3. mai 2018

«Stortinget ber regjeringen utrede strengere krav til svartvanns- og gråvannsutslipp fra cruiseskip.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 41 (2016–2017) Klimastrategi for 2030 – norsk omstilling i europeisk samarbeid, representantforslag frå stortingsrepresentantane Audun Lysbakken, Lars Haltbrekken, Kari Elisabeth Kaski, Arne Nævra og Torgeir Knag Fylkesnes om å gjennomføre Stortingets mål i klimaforliket om å kutte norske klimagassutslepp fram mot 2020, jf. Dok. 8:16 S (2017–2018) og Innst. 253 S (2017–2018), jf. tilrådinga i innstillinga romartal VIII.

Sjøfartsdirektoratet har greidd ut forslag til endring i regelverket for innføring av strengare krav til utslepp av kloakk frå skip langs kysten. Ei kartlegging frå Miljødirektoratet om mottakskapasiteten for kloakk og kloakkslam i hamnene inngår i faggrunnlaget. Det er behov for vidare utgreiing.

Stortinget vil bli orientert på eigna måte.

Implementere krav og reguleringar til utslepp frå cruiseskip og annan skipstrafikk i turistfjordar m.m.

Vedtak nr. 672, 3. mai 2018

«Stortinget ber regjeringen implementere krav og reguleringer til utslipp fra cruiseskip og annen skipstrafikk i turistfjorder samt andre egnede virkemidler for å sørge for innfasing av lav- og null-utslippsløsninger i skipsfarten fram mot 2030, herunder innføre krav om nullutslipp fra turistskip- og ferger i verdensarvfjordene så snart det er teknisk gjennomførbart, og senest innen 2026.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 41 (2016–2017) Klimastrategi for 2030 – norsk omstilling i europeisk samarbeid, representantforslag frå stortingsrepresentantane Audun Lysbakken, Lars Haltbrekken, Kari Elisabeth Kaski, Arne Nævra og Torgeir Knag Fylkesnes om å gjennomføre Stortingets mål i klimaforliket om å kutte norske klimagassutslepp fram mot 2020, jf. Dok. 8:16 S (2017–2018) og Innst. 253 S (2017–2018).

1. mars 2019 innførte Sjøfartsdirektoratet som eit første steg strengare utsleppskrav til skip i verdsarvfjordane.

I 2020 greidde Sjøfartsdirektoratet ut konsekvensane av å innføre nullutsleppskrav for turistskip og ferjer i verdsarvfjordane så snart det kan gjennomførast teknisk, og seinast innan 2026. Utgreiinga viste mellom anna at det er teknologiske utfordringar med å kunne oppnå nullutslepp for større turistskip, som cruiseskip, innan 2026.

Ved Stortingets behandling 25. februar 2021 av Dokument 8:23 S (2020–2021) Representantforslag om utsettelse av krav om nullutslipp i verdsarvfjordane fra 2026 vart det gjort to nye oppmodingsvedtak, høvesvis vedtak nr. 690, 25. februar 2021, «Stortinget ber regjeringen bidra til gjennomføring av tiltak initiert av lokale og regionale myndigheter, som reduserer utslipp i verdensarvfjordene», og vedtak nr. 691, 25. februar 2021, «Stortinget ber regjeringen foreslå tiltak som sikrer verdensarvfjordene som anløpshavn for cruisebåter også etter 2026, blant annet ved at staten sikrer etablering av landstrøm i Flåm som planlagt innen 2022».

På bakgrunn av oppmodingsvedtaka sende Sjøfartsdirektoratet, på oppmoding frå departementet, sommaren 2023 forslag til eit regelverk for utsleppsfrie verdsarvfjordar på høyring med høyringsfrist 3. oktober 2023. Forslaget inneheldt også ei overgangsordning som skal sikre vidare cruiseanløp.

Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte.

Nasjonalt forbod mot sal av heliumballongar

Vedtak nr. 674, 3. mai 2018

«Stortinget ber regjeringen snarest mulig utrede et nasjonalt forbud mot salg av heliumballonger, og komme tilbake til Stortinget på egnet måte.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 41 (2016–2017) Klimastrategi for 2030 – norsk omstilling i europeisk samarbeid, representantforslag frå stortingsrepresentantane Audun Lysbakken, Lars Haltbrekken, Kari Elisabeth Kaski, Arne Nævra og Torgeir Knag Fylkesnes om å gjennomføre Stortingets mål i klimaforliket om å kutte norske klimagassutslepp fram mot 2020, jf. Dok. 8:16 S (2017–2018) og Innst. 253 S (2017–2018).

På oppdrag frå Klima- og miljødepartementet gjer Miljødirektoratet ein større gjennomgang av produsentansvarsordningane. Miljødirektoratet tilrår ei forskrift med krav til utvida produsentansvar for utvalde eingongsprodukt av plast, irekna for ballongar. Bakgrunnen for forslaget er mellom anna EUs direktiv om plastprodukt ((EU) 2019/904) som stiller krav om at produsentar skal dekkje utgifter til handtering av forsøpling av visse typar plastprodukt. Miljødirektoratet har funne at det er lite forsøpling med ballongar i Noreg, og tilrår at ballongprodusentar har plikt til å melde seg inn i eit produsentansvarsselskap berre dersom plukkanalysar visar eit minimum av forsøpling frå ballongar. Som følgje av dette er det ikkje fagleg grunnlag for eit forbod.

Departementet ser på vedtaket som følgt opp.

Stortingssesjon 2016–2017

Gratis levering av marint avfall

Vedtak nr. 529, 28. mars 2017

«Stortinget ber regjeringen særskilt belyse hvordan gratis levering av marint avfall bør organiseres, og komme tilbake til dette på egnet måte.»

Stortinget gjorde vedtaket ved behandlinga av innstilling frå energi- og miljøkomiteen, Innst. 213 S (2016–2017), jf. Dok. 8:31 S (2016–2017), tilrådinga i innstillinga romartal I.

Regjeringa vedtok nyleg endringar i forureiningsforskrifta kapittel 20 om levering og mottak av avfall og lasterestar frå skip som gjennomførte EUs reviderte skipsavfallsdirektiv ((EU) 2019/883). Endringane inneber mellom anna at krav om avfallsgebyr i hamn skal innførast også for fiskefartøy og fritidsbåtar slik det no gjeld for andre typar fartøy. Samstundes skal også handtering av oppfiska avfall inkluderast i det generelle gebyret. Dette vil innebere at det ikkje blir kravd særskilt gebyr for innlevering av avfall som er fått opp frå havet. Det blir stilt krav om at hamner skal leggje til rette for mottak av kjeldesortert avfall frå skipa som nyttar hamna. Endringsforskrifta tek til å gjelde 1. oktober 2023.

Departementet ser på vedtaket som følgt opp.

Forslag til tiltak og verkemiddel for overvassproblematikk

Vedtak nr. 914, 14. juni 2017

«Stortinget ber regjeringen gjennomgå anbefalingene fra overvannsutvalget (NOU 2015: 6), og komme tilbake til Stortinget på egnet måte med forslag til tiltak og virkemidler for overvannsproblematikk, inkludert en vurdering av en egen sektorlov for vann- og avløp.»

Stortinget gjorde vedtaket ved behandling av Dok. 8:78 S (2016–2017), jf. Innst. 436 S (2016–2017), jf. tilrådinga i innstillinga romartal I.

Overvassutvalet foreslo ein pakke av verkemiddel som må sjåast i samanheng, og som til saman vil medverke til å oppnå måla om å førebyggje skade på busetnad, infrastruktur, helse og miljø. Forslag til endringar i forureiningslova og vass- og avløpsanleggslova vart sendt på høyring i mars 2020 og er til behandling i Klima- og miljødepartementet. Kommunal- og distriktsdepartementet fremja forslag til endringar i plan- og bygningslova om handtering av overvatn i 2022. Forslaget vart vedteke av Stortinget 27. juni 2022 og skal ta til å gjelde 1. januar 2024. Forslaget til overvassutvalet er også følgt opp i Meld. St. 26 Klima i endring – sammen for et klimarobust samfunn. Her har regjeringa sagt at dei vil vurdere fordelar og ulemper ved å innføre eit eige gebyr for overvatn og greie ut ulike gebyrmodellar. Videre vil regjeringa sende forslag til nytt kapittel i forureiningsforskrifta med krav til etablering, tømming og vedlikehald av sandfang på høyring og greie ut behov for endringar i forureiningslova om ansvar for skade forårsaka av avløpsanlegg.

Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte.

Stortingssesjon 2015–2016

Handlingsplan for å betre situasjonen for sjøfugl

Vedtak nr. 674, 23. mai 2016

«Stortinget ber regjeringen utarbeide en handlingsplan for å bedre situasjonen for sjøfugler. I handlingsplanen må det gjøres en vurdering av hvilke øvrige sjøfugler som bør få status som prioritert art.»

Vedtaket vart gjort ved stortingsbehandlinga av Meld. St. 14 (2015–2016) Natur for livet – Norsk handlingsplan for naturmangfald, jf. Innst. 294 S (2015–2016), innstillinga romartal IX.

Dette er eit komplekst og samansett fagområde som involverer mange ulike sektorar. Det har vist seg vanskeleg å få på plass eit kunnskapsgrunnlag som kan gje grunnlag for ein treffsikker handlingsplan som kan betre situasjonen for sjøfugl. Departementet vil gjere ei nærare vurdering av korleis ein best kan betre situasjonen for sjøfugl. Vi vil og sjå dette i samanheng med det igangverande arbeidet i OSPAR med ein regional handlingsplan for sjøfugl for Nordaust-Atlanteren.

Stortinget vil bli orientert på eigna måte.

Forbod mot mikroplast i kroppspleieprodukt

Vedtak nr. 681, 23. mai 2016

«Stortinget ber regjeringen om fremme forslag med sikte på å forby mikroplast i kroppspleieprodukter.»

Stortinget gjorde vedtaket ved behandlinga av Dok. 8:44 S (2015–2016), jf. Innst. 282 S (2015–2016), tilrådinga i innstillinga romartal I.

Eit forslag til restriksjon frå EUs kjemikaliebyrå under EU/EØS-regelverket REACH mot mikroplast tilsett i produkt som blir marknadsførte i Europa, vart ferdigstilt i 2019. EU-kommisjonen la den 31. august 2022 fram forslag til endring av regelverket. Dette omfattar mellom anna forbod mot å omsetje produkt med tilsett mikroplast. Dette vil òg gjelde kroppspleieprodukt. Forslaget fekk fleirtal i EU og er no til vurdering i Rådet og EU-parlamentet før det blir vedteke. Dette kan tidlegast skje hausten 2023. Deretter vil regelverket kunne takast inn i EØS-avtalen og gjennomførast i norsk rett. Stortinget vil bli orientert på eigna måte.

Fotnotar

1.

Det blir arbeidd med oppdatert kunnskapsgrunnlag for å revidere støymålet.

Til forsida