Del 3
Omtale av særlege tema
4 Likestilling i budsjettet og oppfølging av aktivitets- og rapporteringspliktene
Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet (BLD) har desse hovudoppgåvene på dette feltet:
forvalte dei nasjonale likestillings- og ikkje-diskrimineringslovene og sikre gjennomføring av internasjonale bindingar i form av menneskerettskonvensjonar og EU-direktiv i norsk rett
samordne likestillings- og ikkje-diskrimineringspolitikken til regjeringa
bidra til utvikling av ein kunnskapsbasert politikk for likestilling og gode system for dokumentasjon og analyse av likestillingsstatus
Oppgåva som lovforvaltar omfattar likestillingslova, diskriminerings- og tilgjengelova, diskrimineringslova om etnisitet og arbeidsmiljølova kapittel 13. Ny lov om forbod mot diskriminering på grunn av seksuell orientering, kjønnsidentitet og kjønnsuttrykk, som blei vedteken 13. juni 2013, tek til å gjelde frå 1. januar 2014 saman med endringar i likestillingslova, diskrimineringslova og diskriminerings- og tilgjengelova. Handhevingsapparatet for likestillings- og diskrimineringslovgivinga er Likestillings- og diskrimineringsombodet og Likestillingsnemnda. Når det gjeld andre lover med særleg relevans for arbeidet med likestilling, kan det nemnast at BLD òg forvaltar krisesenterlova, ekteskapslova og regelverk knytt til foreldrepengar i folketrygdlova. BLD er ansvarleg for å utarbeide og utvikle lovgiving på desse felta. BLD er òg ansvarleg for å følgje opp kvinnediskrimineringskonvensjonen, rasediskrimineringskonvensjonen og barnekonvensjonen til FN og dessutan FN-konvensjonen om rettane til personar med nedsett funksjonsevne. I tillegg skal BLD utarbeide nasjonale rapportar til dei internasjonale overvakingskomiteane. Likestillings- og diskrimineringsombodet har ein særskilt og sjølvstendig tilsynsfunksjon når det gjeld desse konvensjonane. Vidare er BLD ansvarleg for å følgje opp arbeidet med europarådskonvensjonar og EU-direktiv på dette feltet.
BLD skal systematisk samarbeide med andre departement for å sikre samanheng i politikken og samordne regjeringa sin innsats for likestilling og for å medverke til at likestillingspolitiske mål blir nådde. Oppgåvene inneber å utvikle likestillings- og ikkje-diskrimineringspolitikken og informere om likestillingspolitikken, utvikle administrative system og verktøy for å fremme integrering av likestillings- og ikkje-diskrimineringsperspektiv, støtte og rettleie andre departement i spørsmål om likestilling og ikkje-diskriminering og tilby kompetansehevande aktivitetar. I tillegg skal BLD følgje opp at departementa oppfyller krava i diskrimineringslovgivinga og tek omsyn til likestillings- og ikkje-diskrimineringsperspektiv. BLD følgjer mellom anna opp ved å bruke høyringsinstituttet.
BLD har etablert ei eiga embetsgruppe for likestilling for dette arbeidet. Sentrale verkemiddel i likestillingsarbeidet til departementa er aktivitets- og rapporteringsplikta i likestillings- og diskrimineringslovgivinga, utgreiingsinstruksen og Finansdepartementet sitt hovudbudsjettskriv. BLD har koordineringsansvaret for fem sektorovergripande handlingsplanar som skal fremme likestilling og hindre diskriminering. Handlingsplanen for likestilling mellom kjønna varer ut 2014, og handlingsplanen for tvangsekteskap, kjønnslemlesting og alvorlege avgrensingar i livet til unge gjeld for åra 2013–2016. BLD koordinerer arbeidet med ein ny handlingsplan for universell utforming og auka tilgjenge, ein ny handlingsplan for betre livskvalitet for lesbiske, homofile, bifile og transpersonar og ein ny handlingsplan for å fremme likestilling og hindre etnisk diskriminering, som etter planen skal gjelde i perioden 2014–2018.
Arbeidet med kunnskapsutvikling, dokumentasjon og analyse inneber eit ansvar for å medverke til å utvikle kunnskap om likestilling og ikkje-diskriminering knytt til ulike diskrimineringsgrunnlag. Dette inneber også eit ansvar for å etablere gode system for å dokumentere og analysere likestillingsstatusen på ei rekkje samfunnsområde og følgje med på utviklinga over tid. Alle departementa er ansvarlege for å skaffe fram kunnskap om likestilling på sine ansvarsområde i tråd med sektoransvarsprinsippet. For BLD er det viktig å ha oversikt over den kunnskapen som finst.
Fagdialogen mellom departementet og Likestillings- og diskrimineringsombodet og mellom departementet og dei underliggjande tilknytta direktorata er eit viktig element i arbeidet med likestilling og likebehandling.
Departementet har ført vidare innsatsen for det regionale og lokale likestillingsarbeidet. BLD har gitt Fylkesmannen ansvaret for å vere ein pådrivar for at kommunane arbeider aktivt for å fremme likestilling knytt til ulike diskrimineringsgrunnlag. Offentlege og private verksemder har plikt til å ta omsyn til likestillings- og ikkje-diskrimineringsperspektiva både som tenesteytarar og som arbeidsgivarar på lokalt og regionalt nivå. Det er gjort nærmare greie for gjennomførte aktivitetar, strategiar og tiltak på likestillings- og ikkje-diskrimineringsområdet under Programkategori 11.10 i del II av budsjettproposisjonen. Dei viktigaste satsingane i budsjettet for 2014 er samanfatta under hovudmål og politiske prioriteringar i del I.
Regjeringa la i 2013 fram Meld. St. 44 (2012–2013) Likestilling kommer ikke av seg selv. Korleis regjeringa vil følgje opp meldinga, er omtalt nærmare under Programkategori 11.10.
Departementet ser det som viktig at likestillingspolitikken og tiltaka som følgjer av han, i størst mogleg grad blir gjennomførte innanfor ordinære system og ordinære tiltak. Denne mainstreamingspolitikken følgjer også av internasjonale føringar som Noreg har slutta seg til. BLD følgjer den internasjonale utviklinga nøye og er òg ansvarleg for å rapportere om situasjonen i Noreg i ulike internasjonale forum.
4.1 Barne- og ungdomstiltak
Departementet arbeider for likeverd og likeverdige høve for jenter og gutar, mellom anna gjennom ulike tilskotsordningar og gjennom dialog og kontakt med ungdomsmiljø. Til dømes er likeverd og likeverdige høve for jenter og gutar eit kriterium i tilskotsordninga Barne- og ungdomstiltak i større bysamfunn, som rettar seg mot 23 bykommunar. Her blir det kvart år gitt støtte til fleire prosjekt som skal sikre dette. Både jenter og gutar har rett til deltaking og innverknad i kvardagslivet og samfunnsutviklinga. Når det gjeld forsking, utvikling av statistikk og anna innhenting av kunnskap om barn og unge, legg departementet vekt på å få informasjon om både jenter og gutar.
4.2 Barnevernet
Barnevernstenesta gir vern og omsorg til dei mest utsette barna og familiane deira, både barn som opplever omsorgssvikt og barn som har alvorlege åtferdsproblem. Eit hovudmål for tenesta er å gi god og tilpassa hjelp, uavhengig av kjønn, landbakgrunn og opphaldsstatus, funksjonsevne og seksuell orientering, og utan omsyn til kvar i landet barna bur. Tal frå barnevernsstatistikken til Statistisk sentralbyrå for 2012 viser at det framleis var fleire gutar enn jenter som tok imot tiltak av barnevernet. Gjennom heile 2012 var det rundt 55 prosent gutar og 45 prosent jenter som fekk barnevernstiltak. Kjønnsfordelinga var om lag den same dersom ein ser på talet for barn som tok imot barnevernstiltak per 31. desember 2012.
Det var relativt små kjønnsskilnader i 2012 både når det gjaldt talet på plasseringar i fosterheim og barnevernsinstitusjonar og bruken av fleire typar hjelpetiltak. Det var ein tendens til at gutar oftare hadde hjelpetiltak som bustad med oppfølging, utdanning/arbeid og støttekontakt enn jenter. Dei tok òg oftare imot behandlingstilbod som MST (multisystemisk terapi) og PMTO (foreldreopplæring).
BLD og Bufdir vil i utviklinga av barnevernstiltaka framleis ta omsyn til tilrettelegging for begge kjønna der det er behov for det. For barnevernsinstitusjonane gjeld dette til dømes i arbeidet med internkontroll, kvalitetsarbeid og utviklinga av behandlingsmetodar.
Det er knytt særlege utfordringar til tilrettelegging for begge kjønna i omsorgstilboda for einslege mindreårige asylsøkjarar, jf. delmål 6.1 Gode tiltak og høg kompetanse i statleg og kommunalt barnevern. Det kjem mange fleire einslege mindreårige gutar enn jenter til landet. Av dei som var plasserte i omsorgssenter eller private tiltak ved utgangen av 2012, var om lag 74 prosent gutar. Det må takast omsyn til dei kulturelle forskjellane mellom jenter og gutar som desse barna er vande med.
4.3 Likestilling i innvandrarbefolkninga
Dei aller fleste innvandrarane i Noreg og dei norskfødde barna deira tek del i arbeidsliv og utdanning, er økonomisk sjølvstendige, snakkar norsk og deltek og bidreg på ulike arenaer i samfunnet. I nokre innvandrargrupper er det store skilnader på kor mykje menn og kvinner deltek i arbeidslivet. Menn har oftare røynsle frå yrkeslivet i opphavslandet, og kvinner står i større grad utanfor arbeidslivet i Noreg enn menn. Ei særleg utfordring er låg sysselsetjing i nokre grupper av kvinner med innvandrarbakgrunn. Mange kvinner som ikkje tek del i arbeidslivet, er heimeverande og blir økonomisk underhaldne av ein mann som er i arbeid. Dei er derfor ikkje i kontakt med NAV eller i gang med noka form for kvalifisering, og ein må jobbe særskilt for å finne dei og motivere dei til å ta del i kvalifisering til arbeid. Regjeringa vil føre vidare og utvikle tiltak for å få fleire personar med innvandrarbakgrunn inn i arbeidslivet og unngå at personar med innvandrarbakgrunn fell ut av arbeidsmarknaden. Regjeringa vil særleg leggje vekt på at fleire kvinner med innvandrarbakgrunn får arbeid.
Regjeringa vil framleis rette stor merksemd mot introduksjonsordninga. Det er om lag like mange menn og kvinner som deltek i programmet. Samstundes ser ein at kjønn og landbakgrunn har mykje å seie for resultata i introduksjonsprogrammet. Resultata er nærmare omtalte under delmål 2.2 Rask overgang til arbeid eller utdanning for nykomne innvandrarar.
Ny sjanse / Jobbsjansen prøver ut kvalifiseringsprogram, etter den same modellen som introduksjonsprogrammet, for innvandrarar som over fleire år har mangla tilknyting til arbeidslivet. Innvandrarkvinner som er heime med barn, og som ikkje får sosialhjelp, har vore og er ei av målgruppene. Resultata er omtalte under delmål 2.3 God bruk av kompetansen til innvandrarar i arbeidslivet, særleg for kvinner.
4.4 Forbrukarinformasjon og -kunnskap
Det er eit viktig mål for forbrukarpolitikken å medverke til å heve den generelle forbrukarkompetansen. I den grad det blir avdekt tydelege skilnader i kompetansen mellom kvinner og menn, bør det vurderast å endre informasjonstiltaka for å bøte på dette. Samstundes må det takast omsyn til at kvinner og menn kan ha ulike behov og interesser. Det er også viktig å motverke at reklame spelar på kjønnsroller eller medverkar til urealistiske kroppsideal.
BLD legg særleg vekt på å styrkje undervisninga i relevante forbrukaremne, slik at begge kjønn skal få betre grunnleggjande føresetnader for å meistre praktiske forhold i kvardagslivet knytt til forbruk, enten dei gjeld berekraft, reklame, digitale medium, personleg økonomi eller generelle forbrukarrettar og -plikter. Tiltak blir retta både mot elevar i grunnskolen, den vidaregåande skolen og mot lærarstudentar. Kjønnsroller og forbruk er òg eit relevant tema. Foreldrepraten (foreldrepraten.no) er eit diskusjonsopplegg for foreldre der ein mellom anna problematiserer stereotype kjønnsroller, kroppsfokus i media og kva forhold unge jenter har til såkalla rosabloggarar.
Ei undersøking av økonomikunnskapane til kvinner og menn som OECD gjennomførte i 2012, synte at norske menn har klart betre kunnskapar om ulike tema knytt til privatøkonomi, medrekna renteutrekning, enn norske kvinner. Kvinnene skåra likevel betre enn mennene på spørsmål knytte til økonomisk åtferd.
På oppdrag frå BLD er Statens institutt for forbruksforsking (SIFO) i gang med eit prosjekt om hushaldsøkonomi og likestilling. Prosjektet ser nærmare på korleis medlemmene av hushald organiserer økonomien sin med tanke på økonomisk likestilling. Målet er å identifisere eventuelle faktorar som medverkar til skeivfordeling mellom kjønna.
Det finst lite forsking i Noreg på samanhengar mellom kjønn, forbruk og integrering. BLD støttar eit forskingsprosjekt ved SIFO der ein mellom anna vurderer om kjønnsroller i innvandrarfamiliar påverkar forbruksmønster og integrering av barn.
4.5 Status i departementet og dei underliggjande verksemdene for 2012
Likestillingslova § 1a, diskrimineringslova § 3a og diskriminerings- og tilgjengelova § 3 pålegg statlege verksemder ei aktivitetsplikt. Statlege verksemder skal arbeide aktivt, målretta og planfast for å fremme likestilling og hindre diskriminering når det gjeld kjønn, funksjonsnedsetjingar og etnisitet, religion med meir.
Under følgjer tabellar som viser statusen for likestilling i BLD og dei underliggjande verksemdene.
Tabell 4.1 Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet (kjønn, lønn, stilling) per 31.12.2012
Kjønnsbalanse | Lønn1 | |||||
---|---|---|---|---|---|---|
M % | K % | Totalt (N) | Totalt årsverk | M | K | |
Totalt i verksemda | 31,4 | 68,6 | 220 | 200,3 | 100 | 96 |
Departementsråd og ekspedisjonsjefar | 33,3 | 66,7 | 6 | 6 | 100 | 104,2 |
Avdelingsdirektørar | 40,7 | 59,3 | 27 | 25 | 100 | 101,7 |
Fagdirektører, prosjektleiarar/spesialrådgivarar | 16,7 | 83,3 | 12 | 11,8 | 100 | 75,9 |
Seniorrådgivarar | 34,7 | 65,3 | 98 | 86,1 | 100 | 98,9 |
Rådgivarar | 31,7 | 68,3 | 41 | 38,6 | 100 | 102,6 |
Førstekonsulentar og seniorkonsulentar | 22,2 | 77,8 | 27 | 24,8 | 100 | 99,9 |
Konsulentar og sekretærar | 11,1 | 88,9 | 9 | 8 | 100 | 102,7 |
1 Kvinner si lønn i prosent av menn si lønn.
Tabell 4.2 Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet (kjønn, tilsette, permisjon, legemeldt sjukefråvære) per 31.12.2012
Deltid | Mellombels tilsette | Foreldrepermisjon | Legemeldt sjukefråvære | |||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|
M % | K % | M % | K % | M % | K % | M % | K % | |
Totalt i verksemda | 5 | 19 | 8 | 17 | 0 | 100 | 0,6 | 3,2 |
Tabell 4.3 Barne-, ungdoms- og familieetaten (kjønn, lønn, stilling) per 31.12.2012
Kjønnsbalanse | Lønn1 | |||||
---|---|---|---|---|---|---|
M % | K % | Totalt (N) | Totalt årsverk | M | K | |
Totalt i verksemda | 36 | 64 | 4 951 | 3 911,4 | 100 | 105,0 |
Direktørar og avdelingsdirektørar | 45 | 55 | 48 | 43,2 | 100 | 92,1 |
Seksjonssjefar og arkivleiarar | 34 | 66 | 74 | 68,8 | 100 | 98,3 |
Leiarar av institusjonar, familievernkontor | 37 | 63 | 225 | 212,7 | 100 | 98,1 |
Avdelingsleiarar i institusjonar | 28 | 72 | 159 | 145,4 | 100 | 100,0 |
Fagstillingar profesjonsutdanning/masternivå | 26 | 74 | 909 | 719,7 | 100 | 98,2 |
Seniorrådgivarar og prosjektleiarar | 41 | 59 | 337 | 287,4 | 100 | 98,2 |
Rådgivarar | 26 | 74 | 442 | 361,8 | 100 | 98,3 |
Fagstillingar høgskole lågare grad | 40 | 60 | 1 372 | 1 024,9 | 100 | 98,4 |
Førstekonsulentar og seniorkonsulentar | 14 | 86 | 277 | 222,3 | 100 | 96,7 |
Miljøarbeidarar | 61 | 39 | 805 | 636,2 | 100 | 102,4 |
Kontorstillingar og sakshandsamarar lågare nivå | 8 | 92 | 253 | 167,1 | 100 | 107,4 |
Andre stillingar hushald, drift, reinhald | 32 | 68 | 50 | 20,8 | 100 | 97,4 |
Timelønn i verksemda | 46 | 54 | 1 851 | 339,1 | 100 | 96,5 |
1 Kvinner si lønn i prosent av menn si lønn.
Tabell 4.4 Barne-, ungdoms- og familieetaten (kjønn, tilsette, permisjon, sjukefråvær) per 31.12.2012
Deltid | Mellombels tilsette | Foreldrepermisjon | Legemeldt sjukefråvær | |||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|
M % | K % | M % | K % | M % | K % | M % | K % | |
Totalt i verksemda | 31 | 25 | 6,7 | 5 | 13 | 87 | 9,24 | 8,8 |
Tabell 4.5 Integrerings- og mangfaldsdirektoratet inkludert sekretariatet for Kontaktutvalet mellom innvandrarbefolkninga og styresmaktene – KIM (kjønn, lønn, stilling) per 31.12.2012
Kjønnsbalanse | Lønn1 | |||||
---|---|---|---|---|---|---|
M % | K % | Totalt (N) | Totalt årsverk | M % | K % | |
Totalt i verksemda | 38 | 62 | 235 | 210,2 | 100 | 94,8 |
Toppleiing (direktør, ass. direktør, avdelingsdirektør, fagdirektør) | 40 | 60 | 15 | 15 | 100 | 92,9 |
Mellomleiing (underdirektør, arkivleiarog leiar av sekretariatet for KIM) | 48 | 52 | 25 | 21,5 | 100 | 98,1 |
Seniorrådgivar, prosjektleiarar, utgreiingsleiar | 37 | 63 | 107 | 94,3 | 100 | 98,2 |
Rådgivarar | 37 | 63 | 86 | 77,5 | 100 | 96,0 |
Førstekonsulent | 0 | 100 | 2 | 2 | 0 | 100 |
1 Kvinner si lønn i prosent av menn si lønn.
Tabell 4.6 Integrerings- og mangfaldsdirektoratet inkludert sekretariatet for Kontaktutvalet mellom innvandrarbefolkninga og styresmaktene (kjønn, tilsette, permisjon, legemeldt sjukefråvære) per 31.12.2012
Deltid | Mellombels tilsette | Foreldrepermisjon | Legemeldt Sjukefråvære | |||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|
M % | K % | M % | K % | M % | K % | M % | K % | |
Totalt i verksemda | 11 | 89 | 24 | 76 | 8,2 | 91,8 | 4,0 | 5,2 |
Tabell 4.7 Fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker (kjønn, lønn, stilling) per 31.12.2012
Kjønnsbalanse | Lønn1 | |||||
---|---|---|---|---|---|---|
M % | K % | Totalt (N) | Totalt årsverk | M | K | |
Totalt i verksemda | 28 | 72 | 117 | 109,1 | 100 | 74,4 |
Direktør | 100 | 1 | 1 | 100 | ||
Dagleg leiar/fylkesnemndleiar | 58 | 42 | 12 | 12 | 100 | 99,7 |
Fylkesnemndleiarar | 42 | 58 | 59 | 57 | 100 | 99,8 |
Rådgivarar | 100 | 3 | 3 | 100 | ||
Seniorkonsulentar | 100 | 1 | 0,8 | 100 | ||
Førstekonsulentar | 100 | 22 | 21,2 | 100 | ||
Konsulentar | 100 | 19 | 14,1 | 100 |
1 Kvinner si lønn i prosent av menn si lønn.
Tabell 4.8 Fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker (kjønn, lønn, likestilling) per 31.12.2012
Deltid | Mellombels tilsette | Foreldrepermisjon | Legemeldt sjukefråvære | |||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|
M % | K % | M % | K % | M % | K % | M % | K % | |
Totalt i verksemda | 0 | 100 | 41,2 | 58,8 | 0 | 100 | 13,7 | 86,3 |
Tabell 4.9 Forbrukarombodet (kjønn, lønn, stilling) per 31.12.2012
Kjønnsbalanse | Lønn1 | |||||
---|---|---|---|---|---|---|
M % | K % | Totalt (N) | Totalt årsverk | M % | K % | |
Totalt i verksemda | 47 | 53 | 30 | 29,1 | 100 | 113 |
Toppleiing, forbrukarombod | 0 | 100 | 1 | 1 | 0 | 100 |
Mellomleiing (juridisk direktør, fagdirektørar, avdelingsdirektør adm. ) | 80 | 20 | 5 | 5 | 100 | 114 |
Seniorrådgivarar | 50 | 50 | 6 | 6 | 100 | 102 |
Rådgivarar | 0 | 100 | 5 | 5 | 0 | 100 |
Arkivleiar, førstekonsulentar | 70 | 30 | 10 | 9,1 | 100 | 100,3 |
Konsulentar/sekretærar | 0 | 100 | 3 | 3 | 0 | 100 |
1 Kvinner si lønn i prosent av menn si lønn.
Tabell 4.10 Forbrukarombodet (kjønn, tilsette, permisjon, legemeldt sjukefråvære) per 31.12.2012
Deltid | Mellombels tilsette | Foreldrepermisjon | Legemeldt sjukefråvære | |||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|
M % | K % | M % | K % | M % | K % | M % | K % | |
Totalt i verksemda | 0 | 100 | 0 | 0 | 0 | 100 | 1,7 | 3,5 |
Tabell 4.11 Barneombodet (kjønn, lønn, stilling) per 31.12.2012
Kjønnsbalanse | Lønn1 | |||||
---|---|---|---|---|---|---|
M % | K % | Totalt (N) | Totalt årsverk | K % | M % | |
Totalt i verksemda | 33,3 | 66,7 | 21 | 20 | 100,03 | 100 |
1 Kvinner si lønn i prosent av menn si lønn.
Tabell 4.12 Barneombodet (kjønn, tilsette, permisjon, legemeldt sjukefråvære) per 31.12.2012
Deltid | Mellombels tilsette | Foreldrepermisjon | Legemeldt sjukefråvære | Leiarutvikling1 | Anna fagleg utvikling1 | |||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
M % | K % | M % | K % | M % | K % | M % | K % | M % | K % | M % | K % | |
Totalt i verksemda | 0,0 | 21,4 | 28,6 | 14,3 | 0,0 | 14,3 | 0,7 | 5,0 | 14,3 | 7,1 | 100 | 100 |
1 Delen kvinner og menn som nyttar seg av tilbodet.
Tabell 4.13 Likestillings- og diskrimineringsombodet (kjønn, lønn, stilling) per 31.12.2012
Kjønnsbalanse | Lønn1 | |||||
---|---|---|---|---|---|---|
M% | K% | Totalt (N) | Totalt årsverk | M% | K% | |
Totalt i verksemda | 27 | 73 | 66 | 65,5 | 100 | 104,69 |
Toppleiing (ombod) | 100 | 1 | 1,0 | 100 | ||
Mellomleiing, avdelingsleiarar, informasjonssjef, adm. sjef | 20 | 80 | 5 | 5,0 | 100 | 101,16 |
Seniorrådgivarar inkl. arkivleiar | 29 | 71 | 33 | 32,8 | 100 | 99,99 |
Rådgivarar | 17 | 83 | 19 | 18,7 | 100 | 102,46 |
Seniorkonsulent | 100 | 1 | 1,0 | 100 | ||
Førstekonsulentar | 50 | 50 | 4 | 4,0 | 100 | 102,37 |
Konsulentar | 50 | 50 | 2 | 2,0 | 100 | 111,90 |
1 Kvinner si lønn i prosent av menn si lønn.
Tabell 4.14 Likestillings- og diskrimineringsombodet (kjønn, tilsette, permisjon, legemeldt sjukefråvære) per 31.12.2012
Deltid | Mellombels tilsette | Foreldrepermisjon | Legemeldt sjukefråvær | |||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|
M % | K % | M % | K % | M % | K % | M % | K % | |
Totalt i verksemda | 0 | 6,3 | 22,2 | 14,6 | 5,7 | 94,3 | 5,5 | 5,4 |
Tabell 4.15 Sekretariatet for Forbrukartvistutvalet og Marknadsrådet (kjønn, lønn, stilling) per 31.12.2012
Kjønnsbalanse | Lønn | |||||
---|---|---|---|---|---|---|
M % | K % | Totalt (N) | Totalt årsverk | K % | M % | |
Totalt i verksemda | 11,1 | 88,9 | 9 | 8,2 | 0,99 % | 100% |
Tabell 4.16 Sekretariatet for Forbrukartvistutvalet og Marknadsrådet (kjønn, tilsette, permisjon, legemeldt sjukefråvær) per 31.12.2012
Deltid | Mellombels tilsette | Foreldrepermisjon | Legemeldt sjukefråvær | |||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|
M % | K % | M % | K % | M % | K % | M % | K % | |
Totalt i verksemda | 0 | 13 | 0 | 0 | 0 | 0 | 0 | 4 |
4.6 Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet
BLD har desse måla for perioden 2010–2013:
Delen søkjarar frå underrepresenterte grupper skal aukast.
Personar med innvandrarbakgrunn skal vere representerte i alle avdelingar.
Personar med nedsett funksjonsevne skal vere representerte i alle avdelingar.
Delen menn skal aukast til 40 prosent.
Lokale og arbeidsverktøy skal vere universelt utforma.
Medarbeidarar i senioralder skal ha minst like gode høve til jobbutvikling og kompetansepåfyll som andre medarbeidarar.
BLD har i sin personalpolitiske strategi bestemt at det skal brukast moderat kvotering for å oppnå måla nemnde ovanfor. Departementet har i fleire år hatt som mål å rekruttere fleire menn, særleg til avdelingar og stillingstypar der kvinnedelen er høg. Departementet har òg passa på å kalle inn kvalifiserte mannlege søkjarar til intervju. Det har vore ein auke i delen menn i BLD, frå 25 prosent i 2003 til 31 prosent per 31. desember 2012. I 2012 var 29 prosent av søkjarane til utlyste stillingar menn, og 71 prosent var kvinner.
Når det gjeld rekruttering av personar med nedsett funksjonsevne, er regelen i BLD at minimum éin søkjar skal kallast inn til intervju om han eller ho er kvalifisert. Det same prinsippet gjeld for personar med innvandrarbakgrunn. BLD har frå 2012 vore med i eit prøveprosjekt for moderat kvotering av innvandrarar. Det fungerer slik at når to søkjarar er likt eller tilnærma likt kvalifiserte, skal ein velje søkjaren frå underrepresenterte grupper. BLD legg òg vekt på meir målretta profilering overfor dei gruppene som er underrepresenterte, mellom anna med stillingsannonsar som gjer det tydeleg at BLD ønskjer mangfald og vil rekruttere personar med nedsett funksjonsevne og personar med innvandrarbakgrunn. Ledige stillingar blir òg utlyste på nettstader for både unge funksjonshemma og innvandrarungdom. BLD fører statistikk over kjønn, etnisitet og nedsett funksjonsevne for søkjarar som gir opp dette i søknaden.
BLD har gjennom IA-avtala lagt opp til utvida bruk av støtteordningar som praksisplassar og lønnstilskot gjennom NAV. Den nærmaste leiaren skal ta opp med nytilsette om det er nødvendig med særleg tilrettelegging, og i tillegg får alle nytilsette tilbod om arbeidsplassvurdering av Bedriftshelsetenesten. BLD har hatt seminar for leiarar i mangfaldsleiing.
Tabellen med tilstandsrapporten (kjønn, lønn, stilling) for BLD viser at det er skilnad på lønna mellom kvinner og menn totalt sett i BLD. Kvinner tener samla sett 96 prosent av lønna til mennene. Forklaringa er først og fremst at det er få menn i dei lågast lønte stillingskategoriane, men innanfor kvar stillingskategori er det små skilnader. I den grad ein kan snakke om ein skilnad i lønn, går han svakt i favør av kvinnene i stillingsgruppene rådgivarar, konsulentar og sekretærar og for avdelingsdirektørane og toppleiinga. I stillingsgruppene fagdirektørar og seniorrådgivarar går skilnaden noko i favør av mennene, medan førstekonsulentar og seniorkonsulentar ligg svært likt.
Per 31. desember 2012 arbeidde 1,4 prosent av mennene og 6,6 prosent av kvinnene i BLD deltid. Tala refererer til den delen av kvart kjønn som mellombels arbeider med ein lågare stillingsprosent grunna permisjon (delvis AAP/uførepensjon eller omsorgspensjon for barn). Berre éin person er tilsett i ei stilling mindre enn 100 prosent. Når det gjeld mellombelse tilsetjingar, er det nokså likt mellom kjønna. Delen menn i mellombels tilsetjing er 13 prosent, medan den tilsvarande delen for kvinner er 13,9 prosent.
4.7 Barne-, ungdoms- og familieetaten (Bufetat)
Likestillingsperspektivet i Bufetat er integrert som ein viktig del i fleire prosessar internt i verksemda, mellom anna i personalpolitikken og rekrutteringspolitikken. Kvinnedelen er 66 prosent og mannsdelen 34 prosent av årsverka. Rekrutteringspolitikken har eit uttrykkjeleg mål om balanse mellom kjønna i dei enkelte stillingskategoriane på alle nivå i verksemda, men sett i samanheng med kjønnsfordelinga i den enkelte driftseininga/avdelinga/seksjonen.
Det er størst kvinnedel i alle stillingskategoriane i Bufetat, bortsett frå i miljøarbeidarstillingar, der menn gjer 61 prosent av årsverka og kvinner 39 prosent. Det vil seie at Bufetat har flest kvinnelege leiarar på alle nivå i verksemda.
Bufetat har ei jamn lønnsfordeling mellom kvinner og menn innanfor dei enkelte stillingskategoriane. På bakgrunn av at kjønnsfordelinga er jamn på både lønns- og leiarnivå, har ikkje Bufetat sett i verk tiltak på desse områda utover å følgje dei sentrale føringane ved lokale lønnsforhandlingar og punkt 9 i tilpassingsavtala til hovudavtala § 21 om likestilling.
Bufetat følgjer dei sentrale føringane for å utforme stillingsannonsar slik at ein oppmodar alle uansett etnisk bakgrunn, kjønn og funksjonsevne om å søkje ledige stillingar. I tillegg blir søkjarar oppmoda til å opplyse om dei har funksjonshemming eller ikkje-vestlig bakgrunn. Kvalifiserte søkjarar blir automatisk inviterte til intervju.
Deltasenteret arbeider for at personar med nedsett funksjonsevne skal kunne ta del i samfunnet på linje med andre. I dette arbeidet er universell utforming, gode tilkomsthøve og medverknad sentrale verkemiddel og innsatsområde. Deltasenteret leverte i 2012 Strategi for arbeidet med universell utforming med fem hovudområde.
Arbeidet med universell utforming i Bufdir har mellom anna ført til at direktoratet har utvikla ny nettstad i 2012. Eitt av måla i den nye strategien for nettstaden er betre tilkomstvilkår. Dette arbeider Bufdir vidare med i 2013. Vidare har Deltasenteret medverka i nybrotsarbeidet med å utforme anbodsgrunnlaget for kjøp av hotelltenester. Senteret har òg vore med i evalueringa av innkomne anbod og har hjelpt til med å utforme anbodsgrunnlaget for kjøp av kontormøblar.
Strategien for auka etnisk mangfald i Bufetat frå 2009 til 2012 definerer ulike mål og tiltak for å fremme likestilling og hindre diskriminering. Eit av måla var å leggje vekt på den delen av medarbeidarane i etaten som har ikkje-vestleg innvandrarbakgrunn.
Den treårige strategien nemner fleire tiltak, mellom anna ei trainee-ordning for ikkje-vestlege innvandrarar med sosialfagleg bakgrunn, der åtte traineear deltok, og ei støtteordning for utdanning for medarbeidarar med ikkje-vestleg innvandrarbakgrunn som til dømes gjer det mogleg å ta ei treårig høgskoleutdanning som kvalifiserer for fagstillingar i barnevernet. Det går for tida føre seg eit arbeid med strategien som har som mål at han skal omfatte heile etaten og ikkje berre Bufdir.
4.8 Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi)
I tabell 4.5 ser ein at det er fleire kvinner enn menn blant dei tilsette i verksemda i 2012. Det er ikkje vesentlege skilnader i lønn mellom kvinner og menn når ein ser på dei ulike stillingskategoriane.
Eit av måla for personalpolitikken til IMDi er å fremme mangfald, særleg når det gjeld etnisitet, men også når det gjeld kjønn, seksuell orientering, funksjonsevne og alder.
I april 2011 forlenga IMDi samarbeidsavtala med NAV om inkluderande arbeidsliv og laga mål- og aktivitetsplan for perioden ut 2013. IMDi har vedteke eigne delmål og tiltak på dei tre områda i IA-avtala.
Internt i IMDi er det mellom anna avtalefesta kjønnsnøytrale mål og kriterium for deltaking i alle stillingsgrupper, utval, prosjekt og anna arbeidsorganisering. Dette gjeld òg for kompetanseheving, rekrutteringsprosessar, lønnsfastsetjing, permisjonsavgjerder og utviklings- og opprykkshøve.
Personar med innvandrarbakgrunn blir oppmoda om å søkje ledige stillingar, og IMDi arbeider systematisk med rekruttering og oppfølging av nytilsette. IMDi tilbyr yrkestilpassa arbeidstrening til 4–8 personar med ikkje-vestleg bakgrunn og ein IA-plass til personar med nedsett funksjonsevne. IMDi har hatt seks personar på språk- og arbeidstrening i 2012. IMDi sine lokale i Tollbugata er lagde til rette for tilsette og brukarar med nedsett funksjonsevne.
Målet er at 25 prosent av dei tilsette i IMDi, inklusive personar i permisjon og tilsette i Kontaktutvalet mellom innvandrarbefolkninga og styresmaktene, skal ha innvandrarbakgrunn. Av 235 tilsette per 31. desember 2012 hadde 70 tilsette innvandrarbakgrunn, tilsvarande 30 prosent. 25 prosent (10 av 40) av leiarane og 48 prosent (10 av 21) av dei nytilsette i IMDi har innvandrarbakgrunn.
Til utlyste stillingar der rekrutteringsprosessen blei avslutta innan 31. desember 2012, fekk IMDi inn 1 422 søknader. Av desse var 518 (36 prosent) frå søkjarar med innvandrarbakgrunn.
IMDi gir utvida tenestefri med lønn til tilsette over 62 år med 14 dagar, som er maksimumsgrensa etter hovudtariffavtala. Livsfaseperspektivet er innarbeidd i personalpolitikk og anna regelverk.
4.9 Fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker
Tabell 4.7 viser at det ved utgangen av 2012 var 117 tilsette i fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker. Av desse var 28 prosent menn og 72 prosent kvinner. Hovudårsaka til den ujamne kjønnsfordelinga er at det berre er kvinner som er tilsette i merkantile stillingar. Det er større kjønnsbalanse i stillingsgruppa for fylkesnemndleiarar, men her òg er det ei lita overvekt av kvinner.
Alle nemndleiarane har same lønna, uavhengig av kjønn. Dei som fungerer som daglege leiarar ved sidan av å vere nemndleiarar, har eit tillegg som er regulert av talet på tilsette i nemnda dei leier.
Fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker følgjer dei sentrale føringane for å utforme stillingsannonsar slik at alle uansett etnisk bakgrunn, kjønn og funksjonsevne blir oppmoda om å søkje ledige stillingar. Kvalifiserte søkjarar med innvandrarbakgrunn blir i tillegg inviterte til intervju.
Det er eit mål at alle lokale skal vere tilgjengelege for alle, og universell utforming er særskilt viktig når ein planlegg nye lokale.
4.10 Forbrukarombodet
Forbrukarombodet (FO) har i 2012 hatt ei kjønnsfordeling på 53 prosent kvinner og 47 prosent menn, og FO arbeider for ei jamn fordeling på alle nivå i verksemda. Det same gjeld kjønnsfordelinga innanfor vidareutvikling og kompetanseheving. Kvinner har litt høgare lønn enn menn i alle stillingskategoriane.
I utlysningstekst for ledige juriststillingar har FO oppmoda kandidatar med innvandrarbakgrunn om å søkje. FO har motteke søknader frå personar med innvandrarbakgrunn til stillingane. FO har éin tilsett med innvandrarbakgrunn, noko som representerer om lag tre prosent av talet på tilsette. Det svarer til same nivået som året før.
Eit av måla i IA-avtala er å rekruttere personar med redusert funksjonsevne. I utlysingsteksten for ledige stillingar frå FO blir personar som treng spesiell tilrettelegging, oppmoda om å søkje. Desse søkjarane vil bli vurderte ut frå utdanning, erfaring, kvalifikasjonar og andre kriterium på linje med andre søkjarar. Det har ikkje meldt seg kvalifiserte søkjarar med redusert funksjonsevne til ledige stillingar i FO i 2012.
Oppfølging av tilsette som har sjukefråvær, eller som har redusert arbeidsevne i periodar, er ei prioritert oppgåve. Dette er noko FO arbeider kontinuerleg og systematisk med, og i den grad det er mogleg, gjer ein tilpassingar slik at desse personane kan kome raskare tilbake i arbeid.
Forbrukarombodet har vedteke ein handlingsplan for universell utforming og betre tilkomstvilkår. Da FO flytta til nye lokale i november 2012, var omsynet til tilgjengelova og krava til universell utforming viktig.
4.11 Barneombodet
Barneombodet har i fleire år hatt som eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Personar med innvandrarbakgrunn blir oppmoda om å søkje ledige stillingar. To av dei tilsette i Barneombodet har innvandrarbakgrunn. Dette utgjer 9,5 prosent av dei tilsette. Barneombodet har fleire kvinnelege enn mannlege tilsette; 1/3 er menn, 2/3 er kvinner. I samband med rekruttering har Barneombodet lagt vekt på å få til ei jamnare kjønnsfordeling ved kontoret. Personar frå underrepresenterte grupper blir inviterte til intervju dersom dei er kvalifiserte for stillinga dei søkjer på.
Barneombodet er ei IA-bedrift. Eitt av delmåla i IA-avtala er å redusere sjukefråværet til under 4,5 prosent innan utgangen av 2013. Det legemeldte sjukefråværet var i 2012 på 3,5 prosent.
Lokala til Barneombodet oppfyller alle lovkrava til universell utforming.
4.12 Likestillings- og diskrimineringsombodet (LDO)
Den overordna personalpolitikken til LDO skal medverke til å realisere målet til Likestillings- og diskrimineringsombodet om å vere ein synleg og tillitvekkjande samfunnsaktør. Politikken omfattar desse delområda: rekruttering, lokal lønnspolitikk, kompetanseutvikling, livsfasepolitikk og arbeidsmiljø. Felles for alle punkta er mål om mangfald, eit inkluderande arbeidsliv og god tilkomst. LDO skal leggje til rette for at tilsette i alle livsfasar får ein god arbeidssituasjon og kan utvikle seg gjennom heile yrkeskarrieren.
Staben til LDO skal spegle mangfaldet blant innbyggjarane gjennom
ei jamn kjønnsfordeling i verksemda
at minst 40 prosent av leiarane skal vere av kvart kjønn
at minst 15 prosent skal ha innvandrarbakgrunn
at minst 10 prosent skal ha nedsett funksjonsevne
LDO oppfyller dei to siste punkta. Ombodet bruker ei mangfaldserklæring i stillingsannonsar og nyttar målretta rekrutteringskanalar for å oppnå det målet dei har sett seg. Dersom det er kvalifiserte søkjarar med innvandrarbakgrunn eller nedsett funksjonsevne, skal minimum éin av kvar bli invitert til intervju.
LDO har eit mål om likelønn mellom kjønna i verksemda. Kvinner har marginalt høgare lønn enn menn i alle stillingskategoriar i LDO, med unntak av seniorrådgivarar (99,9 prosent). Alle stillingar i LDO skal la seg kombinere med familieliv og omsorgsoppgåver.
LDO oppmodar mannlege tilsette til å ta større omsorgsansvar for barn og til å ta ut foreldrepermisjon ut over den fastsette kvota for fedrar. Fire kvinner og éin mann hadde foreldrepermisjon i 2012.
LDO hadde som mål at det legemeldte sjukefråværet innan utgangen av 2012 skulle vere 4 prosent. Det samla fråværet gjennom året, både eigemeldt og legemeldt, var på 6,6 prosent.
Medarbeidarar som treng tilrettelegging, har fått det, enten det gjeld teknisk utstyr eller sjølve kontoret, eventuelt også etter medverknad frå NAV. Tilsette kan òg få arbeidstilhøva lagde til rette gjennom ordninga med heimekontor. Som del av arbeidet med ein tilretteleggingsplan har LDO etablert ei eiga ordning med samtaler for alle når dei byrjar i LDO, og undervegs i tilsetjingsforholdet. Formålet med desse samtalene er å avdekkje individuelle behov.
Ein rutine for varsling av kritikkverdige høve i LDO inngår som ein del av HMS-planen (vern mot trakassering). Årsrapporten til Likestillings- og diskrimineringsombodet inneheld ei meir utfyllande omtale av aktivitets- og rapporteringspliktene.
4.13 Sekretariatet for Marknadsrådet og Forbrukartvistutvalet
Når Sekretariatet for Marknadsrådet og Forbrukartvistutvalet lyser ut ledige stillingar, blir personar med innvandrarbakgrunn og/eller nedsett funksjonsevne oppmoda om å søkje. Per 31. desember 2012 hadde sekretariatet éin tilsett med innvandrarbakgrunn. Ingen hadde nedsett funksjonsevne.
For å nå betre ut til grupper med innvandrarbakgrunn, er mykje av informasjonen på nettsidene til Marknadsrådet og Forbrukartvistutvalet på engelsk.
Arbeidsplassen er lagd godt til rette for personar med nedsett funksjonsevne.
Sekretariatet har ikkje laga særskilte planar for å rekruttere personar med innvandrarbakgrunn eller nedsett funksjonsevne.
Per 31. januar 2012 hadde sekretariatet ni tilsette, åtte kvinner og éin mann. Alle hadde full stilling, bortsett frå ein kvinneleg sekretær som arbeidde 20 prosent. Sekretariatet har ikkje laga spesielle retningslinjer, planar eller liknande for likestillingsarbeidet.
4.14 Andre kommentarar til omtala
Som nettobudsjetterte verksemder er Forbrukarrådet og SIFO ansvarlege for å rapportere i eigne årsrapportar.
5 Forsking og utvikling
Politikkutforminga til departementet har alle innbyggjarane som målgruppe. Både på kort og lang sikt skjer det store endringar i målgruppa for den politikken departementet fører.
God kunnskap og systematisk kunnskapsinnhenting gir eit sikrare og nødvendig grunnlag for politiske og faglege avgjerder. Langsiktige løyvingar til programforsking i Noregs forskingsråd, samarbeid med Statistisk sentralbyrå (SSB) om statistikkutvikling og analysar, etablering av kjernemiljø for forsking om kjønnslikestilling og prosjektoppdrag til fagmiljø i institutt-, universitets- og høgskolesektoren sikrar eit slikt grunnlag. I tillegg til å skaffe ny kunnskap kan dei same miljøa òg utføre mindre oppdrag for departementet, som å utarbeide kunnskapsstatusar, lage utgreiingar, gjennomføre kartleggingar og handsame statistikk. På fleire av ansvarsområda til departementet nyttar ein forsøk, utviklingsarbeid og brukarundersøkingar for å forbetre og reformere metodar og tenester. Forskingsbaserte evalueringar blir nytta for å undersøkje om tenester og ordningar treng å fornyast og forenklast. Dei underliggjande verksemdene til BLD bidreg òg med forsking, kunnskapsutvikling og kunnskapsformidling på departementet sine kjerneområde.
Noregs forskingsråd fekk i 2013 fleire løyvingar over budsjettet til BLD. BLD har i ei årrekkje teke del i finansieringa av velferdsforskinga til Noregs forskingsråd. Frå 2009 blei velferdsforskinga ført vidare i det nye programmet Velferd, arbeidsliv og migrasjon (VAM) (2009–2018). VAM skal gi innsikt i føresetnadene for eit berekraftig velferdssamfunn og ny kunnskap av høg vitskapleg kvalitet om grunnlaget og verkemåtane for og prosessar i velferdssamfunnet. VAM er eit handlingsretta program, og målet er at forskinga skal gi kunnskap som kan brukast i utforminga av politikk og forvaltinga av offentlege ordningar. Det er no 48 prosjekt i VAM som famnar eit breitt felt, mange disiplinar og samfunnsområde. Temaområda arbeidsmarknad og yrkesliv, verdiskaping og arbeidsliv, inkludering og ekskludering, familieliv og yrkesliv er gjennomgåande tema for forskinga. I 2013 er det mellom anna publisert ein kunnskapsstatus om ungdom, fråfall og marginalisering, om velferdsordningane og om arbeidsmigrasjon frå Aust- og Sentral-Europa.
BLD gir òg – saman med andre departement – midlar til Noregs forskingsråds program for praksisretta forsking for helse- og velferdstenestene (Praksis VEL) i 2014. Programmet rettar seg mot helse- og velferdstenestene og dei høgskolane og universiteta som har utdanningar for slike tenester. Eit av måla er å auke kvaliteten på tenestene ved å få betre samanheng mellom forsking, utdanning, praksis og brukarane av dei ulike tenestene. Eit av prosjekta som har fått støtte, er eit prosjekt for utvikling av innovative arbeidsformer retta mot høgrisikofamiliar som er i kontakt med barnevernet.
Forskingsprogrammet Senter for forskning på sivilsamfunn og frivillig sektor blei i 2013 avslutta etter ein femårig periode. Regjeringa ved Kulturdepartementet vil setje i gang ein ny forskingsinnsats på frivilligheit. BLD bidreg inn i dette arbeidet med vekt på å få meir forsking på rolla og deltakinga til barn, unge og innvandrarar i frivillig verksemd og kva rolle frivillig verksemd spelar i å byggje tillit og fellesskap i eit mangfaldig samfunn.
BLD gir midlar til det statlege driftstilskotet til Nasjonalt kunnskapssenter om vold og traumatisk stress (NKVTS). NKVTS sitt samfunnsoppdrag er å styrkje kunnskapen og kompetansen på sitt fagområde gjennom forskings- og utviklingsarbeid på nasjonalt og internasjonalt nivå. På BLD sitt område utfører NKVTS mellom anna forsking og kunnskapsutvikling på områda vald og overgrep mot barn, evaluering av Alternativ til vold (ATV) sitt hjelpe- og behandlingstilbod til valdsutøvarar, ei omfangsundersøking av vald i nære relasjonar og seksuelle overgrep og forsking om domstolshandsaming av saker der det er påstand om vald/overgrep. NKVTS har rolle som nasjonal kompetansefunksjon om kjønnslemlesting knytt til handlingsplanen mot tvangsekteskap, kjønnslemlesting og alvorlege avgrensingar av unges fridom for perioden 2013–2016.
For å sikre ein jamn statistikkproduksjon på områda til departementet har BLD to rammeavtaler med SSB. Sjå vidare omtale av rammeavtalene under kjerneområda integrering og mangfald og familie, samliv, likestilling og ikkje-diskriminering.
Kjerneområdet integrering og mangfald
Departementet legg stor vekt på å underbyggje politikk og tiltak som gjeld innvandrarar og barna deira, med god og påliteleg kunnskap. Sentrale spørsmål for forsking og utvikling er kva konsekvensar innvandring har for samfunnet, og kva høve og vanskar eit samfunn med aukande kulturelt, religiøst og etnisk mangfald møter. Det er særs viktig å dokumentere og forstå kva veg innvandrarar har inn i samfunnet, og å følgje med på levekåra deira. Under Noregs forskingsråd sitt program VAM (sjå over) er det fleire prosjekt som kan gi departementet meir nyttig kunnskap. Gjennom ei rammeavtale med SSB (2012–2016) blir det jamleg produsert statistikk om inn- og utvandring, innvandringsgrunnar, overgang til statsborgarskap, innvandrarar i Noreg, sysselsetjing og arbeidsløyse, haldningar til innvandring og innvandrarar, deltaking i val, nye innvandrarar si deltaking i introduksjonsprogram og norskopplæring, sekundærflytting og deltaking i arbeid blant flyktningar og deltaking i arbeid og utdanning blant unge med innvandrarbakgrunn. Undersøkingar om levekåra blant innvandrarar har vore laga om lag kvart tiande år, sist i 2006. Ei ny undersøking om levekåra blant innvandrarar er under planlegging.
Departementet arbeider for å få fram fleire analysar som samanliknar integrering av innvandrarar i Noreg med situasjonen i andre land, og har gitt OECD støtte til rapporten Settling In, OECD Indicators of Immigrant Integration 2012. Han skildrar med tal korleis OECD-landa lykkast med å integrere innvandrarar og barna deira på område som hushaldsinntekt, busituasjon, helse, utdanning, arbeid og sysselsetjing, deltaking i demokrati og diskriminering. Rapporten viser at ingen OECD-land gjer det best på alle indikatorane. Samansetjinga av innvandrarane, som varierer mykje både innanfor og på tvers av OECD-landa, gjer det særs komplisert å samanlikne.
I 2014 vil OECD, med støtte frå departementet, lage korte oppsummerande rapportar om fleire sider ved integrering av innvandrarar og barna deira. Departementet vil halde fram med å bidra til rapporteringa til OECD-publikasjonen International Migration Outlook (IMO). Departementet medverkar òg til det nordiske prosjektet Scandinavia’s population groups of developing countries’ origin: Change and Integration,som samanliknar integreringa av seks innvandrargrupper frå det same opphavslandet i dei skandinaviske landa over tid med vekt på deltaking i utdanning og i arbeidsmarknaden. Prosjektet kjem med resultat mot slutten av 2013. Den norske delrapporten, Norway’s population groups of developing countries’ origin,ligg føre som SSB-rapport 10/2013.
Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi) skal vere kompetansesenter innan integrering. I 2013 og 2014 prioriterer IMDi prosjekt som kan medverke til å få systematisert kunnskap om integreringsarbeidet ute i kommunane. IMDi har ei sentral rolle når det gjeld å spreie informasjon om integrering. Som direktorat rettar IMDi eit særskilt søkjelys mot kunnskap i bruk. IMDi har ei særskilt rolle når det gjeld å utvikle og spreie kunnskap om tvangsekteskap og alvorlege avgrensingar av fridommen til unge menneske.
Kjerneområdet familie, samliv, likestilling og ikkje-diskriminering
Samfunnet er i stadig utvikling på området familie, samliv, likestilling og ikkje-diskriminering. Det er derfor nødvendig å hente inn relevant forskingsbasert kunnskap jamleg, slik at ein kan vidareutvikle ein god politikk på området. BLD har eit særskilt ansvar for å bidra til å utvikle kunnskap om likestilling og likestillingsarbeid knytt til dei ulike diskrimineringsgrunnlaga. Dette inneber òg eit ansvar for å etablere gode system for å dokumentere og analysere likestillingsstatusen på ei rekkje samfunnsområde og følgje med på utviklinga over tid. Departementet skal i tillegg bidra til utviklinga av verktøy og metodar for likestillingsarbeid og spreie kunnskap om gode erfaringar.
Dei seinaste åra har Bufdir fått ei sentral rolle som fagdirektorat på likestillings- og ikkje-diskrimineringsområdet. Denne rolla inneber å vere kunnskapsleverandør av fagleg gode innspel, og bruk av forsking, kunnskapsbasert informasjon og statistikk er viktig. Bufdir arbeider systematisk for å sjå dei ulike områda i samanheng. I 2013 starta direktoratet arbeidet med å byggje opp eit system for dokumentasjon og analyse. I første omgang vil dokumentasjonssystemet gjelde på området nedsett funksjonsevne, men seinare vil systemet vere modell for andre av direktoratet sine område.
Bufdir har fått ansvar for å føre vidare Forum for likestillingsdata. Forumet skal bidra til ei meir heilskapleg og systematisk tilnærming til innhenting av data som gir informasjon om statusen for likestillings- og ikkje-diskrimineringsarbeidet i Noreg.
BLD har støtta programmet Kjønnsforsking under Noregs forskingsråd. Programmet blei avslutta med konferansen Kjønnsforsking – kunnskap og kontrovers i april 2013. Programmet har gitt ny og variert kunnskap om kjønn og likestilling. Samstundes har kjønnsforsking som eige kunnskapsfelt blitt styrkt. I programperioden har programmet gitt støtte til åtte større forskingsprosjekt og fem postdoktorprosjekt. Forskinga har vore konsentrert om arbeid og økonomi, offentlegheit, kultur og estetikk, rettar og politikk og samliv og relasjonar. Noregs forskingsråd har gjort vedtak om at det ikkje vil bli oppretta eit nytt program for kjønnsforsking.
For framleis å sikre god forsking på områda kjønn og likestilling har BLD, etter konkurranse, gitt Institutt for samfunnsforsking (ISF) i oppdrag å opprette eit nasjonalt kjernemiljø for forsking om kjønnslikestilling. Saman med forskarar frå Universitetet i Oslo vil instituttet etablere eit kjernemiljø med spisskompetanse innanfor likestillings-, kjønns- og arbeidslivsforsking. Kjernemiljøet er fleirårig og skal stimulere til forsking om kjønnslikestilling, sjå kjønnslikestillingspolitiske tema i samanheng, drive kunnskaps- og nettverksbygging, drive forskingsformidling og kombinere kvalitet med kva som er relevant politisk og samfunnsmessig. Det er venta at kjernemiljøet vil utvikle forskinga om kjønnslikestilling vidare og identifisere nye og relevante problemstillingar.
BLD har delfinansiert ei stilling som likestillingskoordinator i SSB sidan 2004. Ei ny rammeavtale om koordinering av likestillingsrelatert statistikk er inngått for perioden 2013–2015. Koordinatoren har ein viktig funksjon når det gjeld å sikre eit utvida likestillingsperspektiv i statistikkproduksjonen og -formidlinga til SSB.
BLD, ved Bufdir frå 2013, har over fleire år gitt støtte til private stiftingar på likestillingsfeltet for mellom anna å medverke til kunnskapsutvikling på feltet. Reform – ressurssenter for menn får mellom anna driftstilskot for å vere ein pådrivar og eit kunnskapssenter for arbeidet med menn og mannsroller i eit likestillingsperspektiv. Likestillingssenteret og KUN – senter for kunnskap og likestilling får driftstilskot for å medverke til utviklinga av kunnskap om kjønn og kva kjønn har å seie, og for å gjere synlege dei områda der det er relevant å sjå på kjønn saman med andre diskrimineringsgrunnlag.
Kjerneområdet tiltak for barn og unge
BLD ser det som viktig å støtte forsking som kan gi betre kunnskap om oppvekst- og levekåra til barn og unge. Under Noregs forskingsråd sitt program VAM (sjå over) er det sett i gang fleire større prosjekt knytt til marginalisering og barns oppvekstkår. Det blir òg gitt midlar til ulike forskingsmiljø til oppdrag og undersøkingar. Eit av dei større forskingsprosjekta som er sette i gang dei siste åra, er eit prosjekt for å evaluere metodar og resultat i Losprosjektet, som blir gjennomført i utvalde kommunar. Målgruppa for prosjektet er ungdom mellom 14 og 23 år som står i fare for å falle utanfor skole og arbeid. Sluttrapporten frå prosjektet skal liggje føre i 2014.
BLD er også oppteke av å sikre kunnskap om levekårssituasjonen for barn og unge. Siste rapporten som blei utarbeidd på området, kom frå SSB våren 2013, på oppdrag for departementet.
Kjerneområdet barnevern
Departementet legg stor vekt på å utvikle eit barnevern som er bygt på kunnskap. Satsing på målretta FoU-arbeid med praksisrelatert forsking, utvikling av tiltak bygde på kunnskap, kunnskapsspreiing og implementering er grunnsteinen i eit kunnskapsbasert barnevern. Kunnskap frå forsking skal nyttast for å sikre gode og individtilpassa tenester til barn, unge og familiane deira. I dei siste åra er det satsa på bruk av tiltak som gjennom forsking kan dokumentere positive effektar for enkelte målgrupper innanfor barnevernet. Dette gjeld spesielt behandlingsmetodar i nærmiljøet for barn og unge med alvorlege åtferdsproblem. Ny kunnskap frå forsking skal liggje til grunn for alt arbeid i barnevernet, òg arbeidet retta mot einslege mindreårige flyktningbarn og barn med annan landbakgrunn som får hjelp frå barnevernet.
Ein ny langsiktig forskings- og utviklingsstrategi på barnevernsfeltet skal liggje til grunn for satsinga. Målet med ein slik strategi er å utvikle og styrkje forskingsmiljø gjennom systematisk å hente inn, bruke og setje i verk forsking for å utvikle tenestene vidare og for å utvikle ny politikk. Forskinga skal medverke til at barnevernstiltaka fungerer etter målsetjingane og gir barna eit betre liv.
Dei tre regionale kunnskapssentera for barn og unge (RKBU) – psykisk helse og barnevern har som oppgåve å utvikle, kvalitetssikre og forvalte vitskapleg, praksisnær og tverrfagleg kunnskap og kompetanse innanfor arbeid med barn og unge si psykiske helse og barnevern. Dei skal òg leggje til rette for at slik kunnskap er tilgjengeleg. Sentera er lokaliserte i Tromsø (RKBU Nord), Trondheim (RKBU i Midt-Noreg) og Bergen (RKBU-Midt) og blir finansierte gjennom midlar frå Helse- og omsorgsdepartementet og BLD.
Norsk senter for studier av problematferd og innovativ praksis (Atferdssenteret) arbeider med forsking på og utvikling av nye metodar retta mot barn og unge med alvorlege åtferdsvanskar, og implementering av desse. Senteret skal òg gjere kunnskapen tilgjengeleg for praksisfeltet. Atferdssenteret har fått eit nasjonalt ansvar for dette.
Helse- og omsorgsdepartementet og BLD vil i 2014 vurdere tilrådingar frå Helsedirektoratet og Bufdir si gjennomgåing av kunnskaps- og kompetansesentera med ei anna forankring enn i dei regionale helseføretaka. Dei regionale og nasjonale kunnskaps- og kompetansesentera vil framleis vere ein sentral del av styresmaktene si satsing på nasjonalt prioriterte område. Målet med direktorata sine gjennomgåingar, som skal leverast ved årsskiftet, er å betre ressursutnyttinga og sjå på høva for meir heilskapleg og tettare samhandling.
I Prop. 106 L (2012–2013) Endringer i barnevernloven signaliserer departementet at praksisfeltet må få betre tilgang på ny kunnskap og kunne ta denne i bruk. Eit samarbeid mellom forsking, utdanning og praksis er nødvendig for å få dette til. Stortinget har slutta seg til at Bufdir får eit nasjonalt ansvar for å utvikle mellom anna faglege tilrådingar for viktige arbeidsområde for heile barnevernet. Faglege tilrådingar skal vere bygde på oppdatert kunnskap frå forsking.
Kjerneområdet forbrukarpolitikk
God dokumentasjon om stillinga til forbrukarane er ein føresetnad for ein aktiv forbrukarpolitikk. Det meste av investeringane til BLD i FoU på forbrukarområdet skjer gjennom ei basisløyving til Statens institutt for forbruksforsking (SIFO). SIFO har i tillegg eigne prosjektinntekter. SIFO skal følgje med på åtferda til forbrukarane og utviklinga i ulike forbrukarmarknader, og skal formidle kunnskap av relevans for den forbrukarpolitiske debatten. SIFO har ei sentral rolle for å få fram, administrere og formidle slik kunnskap. I tråd med den gjeldande strategiplanen for instituttet (vedteken i 2012) vil hushaldsøkonomi og gjeld, tilhøvet mellom forbruk og miljø, makttilhøve i verdikjeda, forbrukarpåverknad og forbrukarkultur vere viktige tema for SIFO i 2014. Innanfor temaet forbrukarkultur skal det leggjast mest vekt på mat, tekstil og informasjonsteknologi. SIFO har som mål å bli eit av dei leiande forskingsinstitutta i Europa innanfor dei temaa som er trekte fram i strategiplanen. Åtferdsøkonomi, marknadsføring og tilhøvet mellom økonomisk vekst og berekraft er nye område som SIFO vil utvikle kompetanse på i 2014.
6 Internasjonalt arbeid
6.1 Innleiing
Dei nye strategiane som no ligg til grunn for arbeidet i Europarådet og EU/EØS, har ført til ei nærmare handsaming av spørsmål og saker som gjeld begge organisasjonane. På likestillingsområdet har departementet til dømes hatt ein ambassaderåd ved den norske delegasjonen til EU, men har ikkje forlengja denne for ein ny periode. I staden skal departementet handsame EU/EØS-saker frå departementet og sjå desse i samanheng med arbeidet i Europarådet og på sikt arbeidet i FN.
BLD har utarbeidd desse måla for det internasjonale arbeidet:
BLD skal ta hand om nasjonale interesser i all si deltaking i internasjonale aktivitetar.
BLD skal vere ein kompetent og pårekneleg aktør og samarbeidspartnar i internasjonal verksemd.
BLD skal delta i aktuelle internasjonale forum basert på relevans for sektorpolitikken og tilgjengelege ressursar.
BLD skal følgje opp internasjonale forpliktingar/avtaler og ta initiativ til anna relevant internasjonalt samarbeid utifrå kva som kan tene den nasjonale politikkutviklinga.
6.2 Samarbeid i ulike institusjonar
6.2.1 Nordisk ministerråd og anna nordisk samarbeid
Noreg har hatt formannskapen i Nordisk ministerråd (NMR) i 2012. Den nordiske velferdsmodellen har vore hovudtemaet under formannskapen. Dette temaet er no ført vidare under den svenske formannskapen i 2013 innanfor ramma av ei berekraftig utvikling. Barne-, likestillings- og inkluderingsministeren har delteke i to ministerråd: Ministerrådet for likestilling og Ministerrådet for sosial- og helsepolitikk.
Under den norske formannskapen i 2012 var det fireårige samarbeidsprogrammet Likestilling skaper eit berekraftig samfunnfor perioden 2011–2014 inne i sitt andre år. Den norske formannskapen har lagt vekt på dei to tverrgåande hovudprioriteringane integrering av eit kjønns- og likestillingsperspektiv og aktiv deltaking av menn/gutar. Gjennom formannskapsåret blei det sett i gang viktige aktivitetar, mellom anna ein nordisk konferanse om menn, likestilling og livskvalitet i Oslo og ein likestillingskonferanse som tematiserer utfordringar knytte til samiske menn og likestilling.
I 2012 deltok BLD på FN-konferansen om berekraftig utvikling i Rio de Janeiro, Rio + 20. Som eit ledd i Nordisk ministerråd si satsing på arbeidet for ei berekraftig utvikling finansierte ministerrådet eit seminar om likestilling og berekraftig utvikling, Gender Equality is Sustainability. BLD følgjer opp som fagdepartement med sluttdokumentet + 20 Rio på områda likestilling og ikkje-diskriminering, barn og ungdom og forbrukarspørsmål.
BLD har i formannskapsåret reist ein diskusjon i Nordisk ministerråd om ein meir systematisk og samla nordisk politikk for mangfald, slik at ein kan sjå dei ulike diskrimineringsgrunnlaga i samanheng. Ministerkomiteen for likestilling har sluta seg til dette og integrert mangfald som ein del av strategien for eit berekraftig velferdsamfunn.
I 2013 vil det svenske formannskapet prioritere temaa likestilling på arbeidsplassen og likestilling i utdanning. Vidare vil formannskapet støtte aktivitetar innanfor temaet likestillingsintegrering for å utvikle likestillingsintegrering som metode og strategisk verktøy, og understøtte arbeidet i Nordisk ministerråd.
I tråd med samarbeidsprogrammet skal deltaking frå menn og gutar inngå i alle prioriterte tema i programmet. På ein konferanse om likestilling i barnehagar og skole i 2012, blei erfaringar frå tiltak for auka del menn i barnehagar i dei nordiske landa presentert.
I tråd med det norske formannskapsprogrammet for 2012 har Noreg lagt fram ein strategi for universell utforming for Nordisk ministerråd. Arbeidet har samanheng med revideringa av NMR-strategien for berekraftig utvikling og ny strategi for sosial- og helseområdet.
I 2012 blei det arrangert ein større internasjonal konferanse om universell utforming i Noreg med NMR som ein av fleire samarbeidspartnarar. Ei oppfølging av denne konferansen vil bli arrangert i Sverige i 2014.
Ministerrådet for sosial- og helsepolitikk (MR-S) har eitt årleg ministermøte. Embetsmannskomiteen på helse- og sosialområdet (EK-S) førebur saker og følgjer opp vedtak i MR-S. BLD er, saman med Arbeidsdepartementet og Helse- og omsorgsdepartementet, medlem i EK-S. Utsette barn og unge og barnevern er del av komiteens ansvarsfelt. MR-S har under den norske formannskapen i 2012 lagt særleg vekt på tiltak innanfor helse-, arbeids- og foreldre-/barnområdet.
MR-S arbeidde i 2012 med ein ny strategi på sosial- og helseområdet. Strategien tek sikte på å styrkje ei berekraftig velferds- og helseordning i Norden. Meir utførleg informasjon om samarbeidet innanfor MR-S kan finnast i budsjettproposisjonane til Arbeidsdepartementet og Helse- og omsorgsdepartementet.
Nordisk barne- og ungdomskomité (NORDBUK) utarbeider ein handlingsplan på bakgrunn av strategien. NORDBUK har ei støtteordning til ungdomsarbeid retta mot organisasjonar og ungdomsmiljø. I 2013 har NORBUK arbeidd særleg med å styrkje arbeidet på tvers av sektorane i Nordisk ministerråd. I tillegg har demokrati og arbeidsløyse blant ungdom vore prioritert. NORDBUK rapporterer til dei nordiske samarbeidsministrane om arbeidet i dei ulike sektorane. BLD representerer Noreg i komiteen.
På forbrukarområdet samarbeider dei nordiske landa uformelt, hovudsakleg gjennom Embetsmannsgruppa for nordisk samarbeid på forbrukarområdet (NordKons). Samarbeidet i NordKons er konsentrert om informasjons- og erfaringsutveksling.
BLD deltek i eit nordisk-estisk samarbeid om forbrukarundervising. Det er utvikla eit måldokument for oppfølging av OECD sin rekommandasjon om forbrukarundervising (TemaNord 2010:567). Strategien er følgd opp mellom anna med seminar for lærarar og utdanningsbyråkratar i Norden og Estland.
Frå 1968 har det vore eit nordisk samarbeid om felles statsborgarreglar for nordiske borgarar. Det er gjort avtale om å gjennomføre visse avgjerder om statsborgarrett for nordiske borgarar frå eit anna nordisk land. Avtala er revidert og underteikna, men er enno ikkje sett i kraft. Kvart år er det nordiske embetsmannsmøte om statsborgarskap der BLD deltek.
Nordisk samrådsgruppe på høgt nivå for flyktningspørsmål (NSHF) er eit forum der landa uformelt drøftar problemstillingar på asyl-, flyktning- og migrasjonsområdet. Samarbeidet dreier seg i hovudsaka om spørsmål knytte til utlendingsregelverket, men tema på integreringsområdet blir òg tekne opp. NSHF har to møte i året. Det er Justis- og beredskapsdepartementet som koordinerer den norske deltakinga i NSHF, men BLD og IMDi deltek når det er spørsmål om integrering på dagsordenen.
Det eksisterer også eit uformelt nordisk samarbeid på lågare nivå om integreringspolitikk. Frå norsk side er det Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi) som skjøttar dette samarbeidet.
6.2.2 Barentsregionen/nordområdepolitikken
Barentsrådet si arbeidsgruppe og regionrådet si arbeidsgruppe på det ungdomspolitiske området blei slått saman i 2011. Den felles arbeidsgruppa har fått namnet Joint Working Group Youth (JWGY). På det ungdomspolitiske området har det mellom anna blitt etablert eit kontor for informasjon og rettleiing (Barents Youth Coordination Office – BYCO) i Murmansk. Kontoret er finansiert i fellesskap av Russland, Finland, Sverige og Noreg. Hovudoppgåvene til kontoret er å formidle kontakt mellom organisasjonar og ungdomsgrupper i regionen, informere om høva til å finansiere felles prosjekt, aktivitetar og utvekslingar mellom landa og vere til hjelp ved gjennomføringa av prosjekt og aktivitetar, spesielt med omsyn til visumsøknader. Kontoret er årleg involvert i om lag tretti prosjekt og tiltak. Ei god utvikling i Barentsregionen er avhengig av at barn og unge blir verande i regionen. Ei viktig oppgåve for departementet vil vere å arbeide for å medverke til dette. Ordninga blir ført vidare i 2014.
Departementet er med i Barentsrådet si arbeidsgruppe for helse og sosiale saker (Joint working group for health and social issues (JWGHS)) og i rådgivande komite for Barents Helseprogram, som vurderer prosjektsøknader på helse-, sosial- og barneområdet i Barentsregionen.
Programmet Children and Youth at Risk, (CYAR II – 2012–2015) er eit samarbeidsprogram under arbeidsgruppa JWGHS. Programmet utvekslar ekspertkunnskap og kompetanse i Barentsregionen med mål å betre situasjonen for utsette barn og unge. Gjennomføringa bygger òg på bilaterale avtalar med Republikken Karelen, Murmansk Oblast og Arkhangelsk Oblast. Resultata er positive og programmet blir vidareført i 2014. Formannskapet for programmet blir varetatt av Noreg av BLD, ved Barne-, ungdoms- og familieetaten, Region Nord. Dette òg i samarbeid med Murmansk Oblast. Frå oktober 2012 er programmet delvis finansiert av midlar frå Kolartic CPC ENPI programmet, Helse- og omsorgsdepartementet, BLD og organisasjonen Spread Your Wings (Childrens Social Assistance Charitable Foundation (Russland)). Bufetat region nord rapporterer til Barentsrådet si arbeidsgruppe, Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet, BLD og Helse- og omsorgsdepartementet om oppfølging og resultat av programmet.
6.2.3 Austersjøsamarbeidet
Medlemslanda i Austersjørådet skal halde fram med samarbeid og aktivitetar knytte til utsette barn og unge. Noreg deltek i Expert Group for Cooperation on Children at Risk (EGCC), som òg har ein eigen nettstad, childcentre.info. Det er utarbeidd ein plan for prioriteringar i arbeidet for periodane 2011–2013 og 2014–2017. Formålet med samarbeidet er å dele kunnskap om politikk og tiltak og setje i verk målretta tiltak innanfor tre prioriterte område: vern mot all seksuell utnytting av barn, vern av barn mot alle former for seksuelle overgrep og vald og rettar for barn og unge i institusjon. Noreg har mellom anna finansiert og utvikla eit opplegg for tilsyn med institusjonar for barn og unge. Dette vil bli ført vidare som kursopplegg i enkelte av medlemslanda. Barn som er utsette for overgrep generelt og menneskehandel spesielt, inngår som viktige tema i arbeidet til EGCC.
6.2.4 Europarådet
I samarbeidet i Europarådet har Noreg dels rettslege forpliktingar som følgje av Europarådet sine konvensjonar, deriblant landrapporteringar, dels politiske forpliktingar gjennom deltaking i Europarådet sitt arbeid generelt og resolusjons- og konvensjonsarbeid spesielt. Mellom anna koordinerer BLD Noreg sin kontakt mot Europarådets kommisjon mot rasisme og intoleranse (ECRI).
Talet på komitear i Europarådet er kraftig redusert. Reformarbeidet tok sikte på å betre effektiviteten, få større kontroll med utgiftsveksten og strømlinjeforme organisasjonen i samsvar med prioriterte aktivitetar. No blir det lagt større vekt på direkte og understøttande aktivitetar som er knytte til Den europeiske menneskerettskonvensjonen, som Noreg har ratifisert.
Dei enkelte komiteane og aktivitetane er fordelte på tre søyler:
Human Rights
Rule of Law
Democracy
Det er no 15 styringskomitear og 6 underkomitear/ekspertkomitear.
Europarådet er ein viktig menneskerettsorganisasjon. Mange av temaa og aktivitetane til organisasjonen rører ved sentrale politikkområde i BLD, mellom anna barne- og ungdomspolitikk, familiepolitikk, likestillings- og diskrimineringspolitikk, lhbt-politikk, integreringspolitikk, valdsproblematikk, sosial tilhøyrsle, personar med nedsett funksjonsevne og statsborgarskap.
BLD deltek i samarbeid med Arbeidsdepartementet og Helse- og omsorgsdepartementet i den europeiske styringskomiteen for sosial tilhøyrsle (Social Cohesion – CDCS). Komiteen er vidareført og har fått utvida mandatet sitt frå 2012. I tillegg til sosialpolitiske saker og familie- og barnepolitikk skal komiteen mellom anna handsame delar av helsepolitikken og leggje større vekt på migrasjons-, integrerings- og diskrimineringsspørsmål og rettane til personar med nedsett funksjonsevne. For å sikre rettane til personar med nedsett funksjonsevne og følgje opp Europarådets handlingsplan, har ein oppretta ein underkomité under CDCS med representantar frå alle medlemslanda. Bufdir representerer Noreg. Europarådet sin ministerkomité har lagt ei ny oppgåve til CDCS, nemleg å undersøkje integreringsspørsmål med vekt på språkopplæring for vaksne innvandrarar. Ein tek sikte på å setje i gang arbeidet i 2013.
Departementet har hatt ein medarbeider i Europarådet i vel eitt år, fram til hausten 2012, for å arbeide med eit prosjekt om lhbt-spørsmål. Departementet yter i 2013 og i 2014 økonomisk støtte til dette arbeidet i regi av Europarådet. Europarådet vil mellom anna, i samråd med EU, føre vidare arbeidet med å få kartlagt lhbt-politikken i Europarådet sine medlemsland.
BLD er nasjonalt kontaktpunkt for kommisjonen for kjønnslikestilling, Gender Equality Commission (GEC), og deltek i kommisjonen sitt arbeid. Kommisjonen skal sjå til at kjønnsperspektivet er med i alle aktivitetar i Europarådet, og vere eit rådgivande organ for andre komitear i Europarådet innanfor kjønnslikestilling. Samtidig skal kommisjonen hjelpe medlemsstatane i Europarådet med råd og kunnskapsmateriale. Det er også lagt inn i mandatet at kommisjonen skal samarbeide med EU og FN, andre internasjonale aktørar og sivilt samfunn på kjønnslikestillingsfeltet. Kommisjonen skal mellom anna arbeide med spørsmål knytte til menneskehandel, vald mot kvinner og vald i nære relasjonar og kvinners rettar generelt.
Departementet er med i styringskomiteen for ungdomspolitikk (CDEJ). Eit viktig instrument for utviklinga av Europarådet sin ungdomspolitikk er dei to ungdomssentera i Strasbourg og Budapest og Det europeiske ungdomsfondet, som støttar prosjekt drivne av og for ungdom i regi av deira organisasjonar. Young People Combating Hate Speech Online er eit prosjekt i regi av Europarådet som varer i perioden 2012–2014. Prosjektet tek sikte på å motverke rasisme og diskriminering slik det kjem til uttrykk på Internett, gjennom å skaffe ungdom og ungdomsorganisasjonar den nødvendige kompetansen til å kjenne att og reagere på denne typen menneskerettskrenkingar. I dei siste åra er det utvikla eit samarbeid mellom Europarådet og Europakommisjonen om enkelte spørsmål innanfor ungdomspolitikken. Det er særleg lagt vekt på å utvikle betre kunnskap om ungdom og samarbeid om leiarutdanning. Eit anna viktig tiltak er etableringa av European Knowledge Centre, som er under oppbygging med data frå ei rekkje europeiske land. Departementet leverer data senteret i samarbeid med Norsk institutt for forsking om oppvekst, velferd og aldring (NOVA).
Samarbeidet om statsborgarskap i Europarådet er ein del av justissamarbeidet under The European Committee on Legal Co-operation (CDCJ). Justis- og beredskapsdepartementet har koordineringsansvaret, og BLD deltek etter behov. Europarådskonvensjonen av 6. november 1997 om statsborgarskap, som Noreg har underteikna, blei ratifisert 4. juni 2009 og blei sett i kraft 1. oktober 2009. Konvensjonen samlar, supplerer og utdjupar dei internasjonale konvensjonane om statsborgarskap og har mellom anna som mål å fastsetje visse internasjonale prinsipp og standardar på området.
6.2.5 EU/EØS
BLD har, på sine fagområde, ansvar for å implementere EØS-relevant regelverk, finansieringsordningane i EØS og saker gjennom ESAs overvaking av EØS-avtala. BLD deltek også i programsamarbeid og medverkar til politikk- og regelverksutvikling i EU.
Regelverk
På forbrukarområdet skjer det ei stadig meir omfattande harmonisering av regelverket. Det meste av norsk forbrukarlovgiving er påverka av EØS-regelverket og vil bli ytterlegare påverka framover. Regelverket som gjeld forbrukartvistar, om alternativ tvisteløysing og nettbasert tvisteløysing, blei vedteke våren 2013 og vil krevje endringar i det norske tvisteløysingssystemet.
Forslag til eit revidert direktiv om pakkereiser blei lagt fram 9. juli 2013. EU-kommisjonen la òg fram eit initiativ som gjeld kollektive tvistemål, 11. juni 2013. I 2011 la EU-kommisjonen fram forslag til ei forordning om ei felles europeisk salslov, som det skal vere opp til partane sjølve om dei skal nytte. I tillegg blir ulike problemstillingar knytte til direktivet om urimeleg handelspraksis og direktivet om samanliknande og villeiande reklame gjennomgått. Eit forslag til nye reglar som skal ta opp problemet med såkalla kataloghaiar/fakturasvindel blir lagt fram hausten 2013. Alle desse initiativa krev at BLD medverker og påverker prosessane slik at resultatet blir best mogleg sett frå norsk side.
Programsamarbeid
I perioden 2007–2013 har Noreg vore med i EU sitt ungdomsprogram, Aktiv ungdom. Målgruppa har vore ungdom mellom 13 og 30 år og dei som jobbar med ungdom. Ungdom med særskilte behov har vore den viktigaste målgruppa. Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet har vore nasjonalt kontor for programmet. Dei største delprogramma har vore utveksling av ungdomsgrupper og deltaking i volontørtenesta.
Noreg deltek i Rammeprogrammet for forbrukarpolitikk i perioden 2007–2013. Under dette programmet er Noreg mellom anna med i eit samarbeid om handheving av forbrukarregelverk over landegrensene (CPC) og European Consumer Centres-nettverket, eit nettverk av nasjonale kontor som hjelper forbrukarar ved kjøp over landegrensene, særleg med informasjon og tvisteløysing.
PROGRESS (2007–2013) skal gi finansiell støtte til aktivitetar som kan bidra til gjennomføringa av EU sine mål på dei sysselsetjings- og sosialpolitiske områda. Arbeidsdepartementet har koordineringsansvaret for programmet og samarbeider med BLD om aktivitetar som gjeld BLD sitt fagområde.
Noreg deltek i Europakommisjonen sitt program for utveksling av erfaringar om kjønnslikestilling og ikkje-diskrimering innen rammen av PROGRESS. BLD koordinerer den norske deltakinga i dette programmet.
DAPHNE III (2007–2013) har som mål å førebyggje og nedkjempe alle former for vald mot barn, ungdom og kvinner, inkludert seksuell utnytting og menneskehandel, innanfor både det offentlege og det private. BLD koordinerer den norske deltakinga i DAPHNE III.
EU-kommisjonen har lagt fram forslag til nye program for perioden 2014–2020 for å nå måla i den nye EU-strategien Europa 2020. Strategien er basert på Lisboa-strategien, men legg meir vekt på gjenoppbygging etter den økonomiske nedgangen i EU-landa. Hovudmåla for strategien er: auka sysselsetjing og forsking, nye mål for utdanning, klima og energi og redusert fattigdom. Arbeidet fram mot deltaking i dei nye programma starta i 2012 og vil halde fram i 2014. Aktuelle program for BLD er:
Consumer Programme (forbrukarprogrammet), som i store trekk er ei vidareføring av det gjeldande forbrukarprogrammet
Erasmus+, som samlar alle noverande program for utdanning, opplæring, ungdom og idrett
Rights, Equality and Citizenship Programme (programmet for rettar og medborgarskap), som er eit nytt program om rettar og EU-borgarskap og ei vidareføring av DAPHNE III og dei delane av PROGRESS som gjeld ikkje-diskriminering og likestilling (mellom anna kjønnslikestilling). Programmet har ein likestillingsdel, ein forbrukardel, ein del om vald mot kvinner og ein barnedel. Vektinga mellom dei ulike delane er ikkje bestemt. Programelementa kan òg endrast av programkomiteen frå eitt år til eit anna.
Når programma er endeleg vedtekne i EU, vil dei bli innlemma i EØS-avtala ved vanleg prosedyre og endelig vedtak av Stortinget.
Departementet inngjekk i november 2011 ei partnarskapsavtale med Estland sitt departement for sosiale saker (Ministry of Social Affairs) som programoperatør for integrering av kjønnslikestilling. Programsøknaden frå Estland i 2012 gjeld mellom anna utjamning av lønnsforskjellane mellom kvinner og menn i Estland og skal fremme kjønnslikestilling gjennom ulike tiltak.
Departementet er donorprogrampartnar i eit program for integrering av kjønnslikestilling i Estland, finansiert av Norway Grants. Målet med programmet er å auke medvitet om kjønnslikestilling mellom anna i den offentlige forvaltinga, få fram betre statistikk for lønnsgapet mellom kjønna og auke kapasiteten til likestillings- og likebehandlingskommisjonæren i Estland når det gjeld kjønnsdiskriminering. Departementet skal hjelpe til med faglege råd, samstundes som programmet skal leggje til rette for styrkte bilaterale relasjonar mellom Estland og Noreg.
Noreg ved BLD har i 2013 etablert eit samarbeid med regjeringa i Montenegro, for å støtte utviklinga av deira nasjonale lhbt-politikk. Ein ny najonal handlingsplan på feltet er utarbeid og gjeld frå og med 2013 og det er åpna for at Montenegro kan søke Noreg ved ambassaden i Beograd/EØS-ordninga, om økonomisk støtte til gjennomføringa av tiltak i planen.
Finansieringsordningar i EØS
EØS og Noreg sine finansielle ordningar er etablerte for å gjennomføre EFTA-/EØS-landa sitt bidrag til sosial og økonomisk likestilling i Europa. Ordninga omfattar 15 medlemsland i EU. Ordninga har to delar, éin der Noreg, Island og Liechtenstein deltek, og éin der berre Noreg er med. Ordninga gjeld for fem år om gongen. Perioden gjeld frå 2009 til 2014.
Ordninga byggjer på bilaterale avtaler mellom EFTA/EØS-landa og Noreg på den eine sida og mottakarlanda på den andre sida. Det er fastsett 12 innsatsområde og 32 programområde. Dette er programområda som er aktuelle for BLD: fond for ikkje-statlege organisasjonar, utsette barn og unge, kjønnslikestilling, kapasitetsbygging og samarbeid mellom offentlege institusjonar og kjønnsbasert vald.
Politikkutvikling
BLD medverkar til politikk- og regelverksutvikling innan EU, mellom anna gjennom å delta i EUs rådgivande komité for likestilling og tilhøyrande adhocgrupper, og i desse gruppene på EU- og EFTA-nivå:
EUs høgnivågruppe for ikkje-diskriminering
EUs høgnivågruppe for personar med nedsett funksjonsevne
EFTAs arbeidsgruppe for likestilling, ikkje-diskriminering og familiepolitikk
EFTAs arbeidsgruppe for forbrukarsaker.
Lisboa-traktaten frå 2009 har opna opp for innlemming av barnepolitikk i EU-politikken. På bakgrunn av dette har Europakommisjonen utarbeidd ein EU-strategi for å fremme og sikre barn sine rettar i EUs interne og eksterne politikk, og for å støtte medlemslanda sin innsats på dette feltet. I februar 2011 vedtok Kommisjonen fråsegna An EU Agenda for the Rights of the Child, som presenterer generelle prinsipp som skal sikre at handlingane til EU harmonerer med FN-konvensjonen om barnerettane og med menneskerettar. I tillegg definerer fråsegna ei rekkje handlingar på det barnepolitiske området. Handlingane er retta mot deltaking for barn, barnefattigdom og vern av og tryggleik for barn. Målet med fråsegna er å stadfeste forpliktinga til å fremme og følgje barns rettar i medlemslanda.
Forslaget til EU-program for rettar og medborgarskap 2014–2020 inneheld ein del som gjeld barn. Barnedelen av programmet skal både sjå på barns juridiske rettar, mellom anna slik dei er definerte i FN-konvensjonen, og sikre barns rettar og vern i samfunnet. Tiltak for å vareta barns rettar omfattar òg tiltak retta mot barnefattigdom, barn som lever i sosial ekskludering, barn med funksjonshemming og barns tryggleik og vern mot vald og forhold som kan skade den fysiske og mentale helsa deira. Noreg ved BLD koordinerer arbeidet med programmet og meiner at det er EØS-relevant og derfor skal innlemmast i EØS-avtala.
Utviklinga av integreringspolitikken til EU er i dag basert på ikkje-rettslege tiltak og ikkje-bindande harmonisering av politikken til medlemslanda. Med Lisboa-traktaten er det likevel introdusert ein heimel som opnar for at fellesskapsorgana kan etablere tiltak og insentiv på feltet. Politikk som blir utvikla i EU, påverkar Noreg, og det er viktig å samarbeide med EU også på integreringsområdet.
Drøftingar rundt integreringspolitikk baserer seg på eit felles rammeverk for integrering som medlemslanda slutta seg til i 2005. Rammeverket set opp ei rekkje grunnprinsipp som er retningsgivande for politikkutviklinga i medlemslanda. Utviklinga av politikken på feltet skjer i stor grad via erfarings- og informasjonsutveksling og via samarbeid om metodar for utvikling av integreringspolitikk. I 2011 utvikla Kommisjonen rammeverket for integrering med ein ny agenda for integrering. Den nye agendaen legg vekt på utvikling av modular for integrering, som medlemslanda kan ta i bruk i sitt nasjonale integreringsarbeid, og utvikling av felles indikatorar for å kunne måle resultata av landa sin integreringspolitikk. Noreg har, som einaste ikkje-medlemsland, observatørstatus i EU-landa sitt nettverk for integrering, National Contact Points on Integration (NCP). Nettverket er ein arena for informasjonsutveksling mellom landa.
Consumer Policy Network er eit kontakt- og diskusjonsorgan mellom Kommisjonen og embetsverket for forbrukarpolitikk i EØS-landa. Kommisjonen bruker nettverket mellom anna til å diskutere/sondere forslag til nye initiativ og til å drøfte aktivitetar som er i gang. Noreg deltek i ekspertgruppa knytt til Kommisjonen sitt arbeid med ulike forbrukar- og marknadsundersøkingar, inkludert Consumer Markets Scoreboard (resultattavla for forbrukarmarknader). Deltakinga i dei enkelte gruppene og aktivitetane under forbrukarprogrammet er viktig for å sikre Noreg tilgang til informasjon og medverknad på politikkområdet.
I rammeverket for ungdomspolitikken til EU for åra 2010–2018 legg EU vekt på ein sterkare tverrsektoriell struktur i arbeidet sitt, som byggjer på å skape fleire høve for ungdom, å skape betre tilkomstforhold og auka deltaking og å fremje solidaritet. Rammeverket tek føre seg områda utdanning og opplæring, arbeid, kreativitet og entreprenørskap, deltaking, helse og idrett, frivillig arbeid, sosial inkludering og ungdommen og verda. Gjennomføringa av framlegget skal byggje på den opne samordningsmetoden. Noreg vil, innanfor ramma av EØS-avtala, medverke til at meldinga til Europakommisjonen blir følgd opp.
I EU-strategien Europa 2020 er det fremja forslag om ulike flaggskip som skal medverke til gjennomføringa av strategien. To av dei, Youth on the move og An agenda for new skills and jobs, er særleg viktige for det ungdomspolitiske området. Det er lagt opp til at ungdomsprogrammet og rammeverket for framtidig ungdomspolitikk skal bidra til gjennomføring av dei måla som er sette i strategien Europa 2020.
Anna
EFTAs overvakingsorgan (ESA) opna sak mot Noreg for EFTA-domstolen hausten 2012. Saka gjeld rett til barnetrygd i tilfelle der foreldra ikkje bur saman. Dom i saka fall i september 2013. EFTA-domstolen meiner at norske styresmakter i slike tilfelle må vurdere om barnet hovudsakeleg blir forsørgja av forelderen som arbeider i Noreg. Dette er ei sak BLD vil følgje opp.
BLD har som i tidlegare år hatt tett kontakt med den norske EU-delegasjonen i Brussel, og spesielt med
konkurranseråden, som er finansiert av Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet, men som òg arbeider ein del med forbrukarsaker
utdanningsråden, som er finansiert av Justis- og beredskapsdepartementet, men som òg arbeider noko med barne- og ungdomspolitikk
migrasjonsråden (no ein av justisrådane), som er finansiert av Justis- og beredskapsdepartementet, men som òg arbeider noko på BLD sitt integrasjonspolitiske område
likestillings- og ikkje-diskrimineringsråden, som er finansiert av BLD og berre arbeider med politikkområda til BLD
6.2.6 FN
Noreg er rettsleg forplikta til å implementere rettane som er nedfelte i FN-konvensjonane som staten har slutta seg til, og til å rapportere om implementeringa kvart fjerde år. BLD har det nasjonale koordineringsansvaret for implementeringa av Noreg sine forpliktingar som følgjer av
FN-konvensjonen om barnerettane
FN-konvensjonen mot alle former for diskriminering av kvinner
FN-konvensjonen mot alle former for rasediskriminering
FN-konvensjonen om rettar for personar med nedsett funksjonsevne (som er føreslått ratifisert i 2013)
BLD har ansvaret for å fremme og koordinere arbeidet med ei betre overvaking av gjennomføringa av FN-konvensjonen om barnerettane. Barnekomiteen i FN har bede Noreg om å levere sin femte rapport om oppfølging av barnekonvensjonen i 2016. Sjå òg omtale under Programkategori 11.20 Tiltak for barn og unge, delmål 5.1. På bakgrunn av Noreg sin åttande rapport til FN om oppfølginga av kvinnediskrimineringskonvensjonen og eksaminasjon i 2012 har Noreg motteke avsluttande merknader frå kvinnediskrimineringskomiteen i FN. Det er etablert eit samarbeid med både relevante departement og frivillige organisasjonar om oppfølginga, og dette arbeidet vil halde fram i 2013. Kvinnediskrimineringskomiteen har bede om ein midtvegsrapport i 2014 og om at Noreg leverer sin niande rapport om oppfølging av kvinnediskrimineringskonvensjonen i 2016.
I 2011 blei Noreg eksaminert av Rasediskrimineringskomiteen i FN på bakgrunn av sin 19./20. rapport til komiteen. I 2012 la BLD fram ein statusrapport om arbeidet med å følgje opp tilrådingane som landet fekk frå Rasediskrimineringskomiteen i mars 2011. Den neste norske rapporten til Rasediskrimineringskomiteen skal leverast i 2013.
I tillegg har BLD fagansvar for å medverke til implementering av og rapportering på FN-konvensjonen om sivile og politiske rettar, som blir koordinert av Justis- og beredskapsdepartementet, og FN-konvensjonen om økonomiske, sosiale og kulturelle rettar, som blir koordinert av Utanriksdepartementet. I tillegg bidreg BLD til Universal Periodic Review (UPR)-prosessen under Menneskerettsrådet i FN.
BLD deltek også i dei årlege møta i tredje komité i generalforsamlinga i FN, som dekkjer menneskerettsspørsmål knytte til likestilling og diskriminering på grunnlag av kjønn, etnisitet, nedsett funksjonsevne, seksuell orientering, barn med meir. BLD har også oppfølgingsansvar for sentrale resolusjonar som er vedtekne i tredje komité eller i Tryggingsrådet i FN.
BLD deltek på dei årlege møta i FNs kvinnekommisjon, som er den politiske møteplassen for fagstatsrådar, sivilt samfunn og FN-organa. Avhengig av temaa for møta deltek departementet i komiteen for økonomiske og sosiale spørsmål under generalforsamlinga i FN på dei årlege høgnivåmøta. Vidare deltek BLD i FNs sosialkommisjon, som arbeider med politikken for personar med nedsett funksjonsevne, når temaa på dagsordenen tilseier det.
Som fagdepartement for likestilling mellom kvinner og menn medverkar BLD til styremøta i UN Women. Dei norske innspela til desse møta blir koordinerte av Utanriksdepartementet i den perioden Noreg har plass i styret, frå 2011 til 2014.
FNs høgkommissariat for flyktningar (UNHCR)
Working Group on Resettlement (WGR) blei oppretta i 1995 av ti gjenbusetjingsland som då hadde årlege kvotar med overføringsflyktningar: USA, Canada, Australia, New Zealand, Finland, Sverige, Noreg, Danmark, Sveits og Nederland. Arbeidsgruppa for gjenbusetjing har normalt møte i Genève to til tre gonger i året. Frå 1995 har det òg vore eit årleg møte mellom UNHCR og frivillige organisasjonar som er involverte i dette arbeidet, Annual Tripartite Consultations on Resettlement (ATCR). Canada tok over formannskapen i 2012. Integrerings- og mangfaldsdirektoratet deltek i WGR og ATCR, i tillegg deltek BLD på møte når integreringsspørsmål står på dagsordenen. Justis- og beredskapsdepartementet er hovudkontaktpunktet mot UNHCR når det gjeld gjenbusetjing av flyktningar.
6.2.7 Andre internasjonale forum
OECD
BLD deltek i sentrale forskingsprosjekt innanfor OECD, mellom anna International Futures Programme: The Future of the Family to 2030.
Departementet deltek i OECD-komiteen for forbrukarsaker. Evaluering og revisjon av retningslinjene frå 1999 om elektronisk handel starta i 2010 og skal sluttførast i 2015. Temaa for dette arbeidet i 2014 vil særleg vere forbrukarvern ved betaling via mobiltelefon og Internett, forbrukarvern ved kjøp av digitale produkt og ved deltaking i sosiale nettverk på Internett. Komiteen har utvikla ei verktøykasse for utvikling av forbrukarpolitikk som er brukt på området kommunikasjonstenester. Bruk av undersøkingar og data om forbrukarklager i politikkutvikling er òg eit sentralt tema.
Forsking og analysar som relevante internasjonale organisasjonar og forum gjennomfører, er nyttige for Noreg. Det er av særleg interesse å kunne samanlikne situasjonen for innvandrarar og barna deira i Noreg med situasjonen for tilsvarande grupper i land med ein tilnærma lik innvandringspolitikk, eit liknande datagrunnlag og innvandrarar frå dei same opphavslanda.
Working party on migration er ein underkomité til Komiteen for arbeid og sosiale spørsmål. Hovudoppgåvene til komiteen er å analysere utviklinga av migrasjonsstraumar, å analysere utviklinga av OECD-landas politikk for internasjonal migrasjon og integrering av innvandrarar og å bidra til å utvikle samanliknbar internasjonal statistikk.
OECD har dei siste åra sett migrasjon høgt på dagsordenen og prøver i auka grad å kople arbeidet på migrasjonsfeltet nært saman med andre relevante fagområde, særleg utdanning, arbeidsmarknad, økonomi og utvikling. Gjennom arbeidet opp mot OECD får Noreg kunnskap om politikken i andre land og resultata av politikken og dessutan innspel på norsk innvandrings- og integreringspolitikk. Ein meirverdi ved deltaking i migrasjonskomiteen er at også land utanfor Europa er medlemmer av OECD. BLD medverka til OECD i 2012 mellom anna gjennom rapporten Settling In. I 2012 inneheldt Indicators of Immigrant Integration, 2012, for første gang tal på korleis OECD-landa lykkast med å integrere innvandarar og barna deira på sentrale økonomiske og sosiale område. BLD vil òg i 2014 delta i OECDs migrasjonsgruppe og medverke til rapporteringa til OECDs publikasjon International Migration Outlook.
Global Forum on Migration and Development (GFMD)
GFMD er ein internasjonal, frivillig og open konsultasjonsprosess om politikk og praksis når det gjeld migrasjon og utvikling. Forumet blei lansert i Brussel i juli i 2007 og er ei oppfølging av dialogen i FN-generalforsamlinga om migrasjon og utvikling i New York i september 2006. Forumet er uformelt og ikkje-bindande. Det har hatt samla meir enn 150 regjeringar og internasjonale og frivillige organisasjonar. Tilknytinga til FN er sikra ved FNs spesialrepresentant for internasjonal migrasjon og utvikling, og ved at konklusjonane frå diskusjonane blir formidla til generalsekretæren i FN. Det skal vere ein dialog på høgt nivå om migrasjon og utvikling etter generalforsamlinga i FN i oktober 2013. Utanriksdepartementet er knutepunkt i Noreg for arbeidet mot GFMD. Det neste møtet i Global Forum blir arrangert av Sverige i mai 2014.
Metropolis
Metropolis er eit internasjonalt nettverk og forum for forskarar og brukarar omkring migrasjon, integrering av innvandrarar og etniske relasjonar. Forumet har som mål å vere ein møteplass for forskarar og brukarar og å oppmuntre til politikkrelevant forsking og formidling av forsking om migrasjon, integrering av innvandrarar og etniske relasjonar.
Vel 20 land er med i forumet, som har eit styre der Noreg deltek. Forumet arbeider gjennom ein årleg konferanse der mellom 700 og 1 000 personar tek del. Den siste internasjonale Metropolis-konferansen blei arrangert i Tampere, Finland, 9.–13. september 2013.
Transatlantic Council on Migration
Noreg har frå 2008 teke del i Transatlantic Council on Migration, eit uformelt forum for diskusjonar om migrasjon mellom forskarar og politikarar frå Europa og Nord-Amerika. Rådet er drifta av Migration Policy Institute i Washington og arrangerer møte og seminar med ulike tema i tillegg til at det utarbeider ei rekkje notat og rapportar om ulike tema. Deltaking i rådet skjer i samarbeid med Justis- og beredskapsdepartementet. Andre departement blir inviterte med ut frå temaa for møta.
Intergovernmental Consultations on Migration, Asylum and Refugees (IGC)
IGC er eit uformelt forum for gjensidig utveksling av informasjon om migrasjon og integrering mellom styresmaktene i for tida 17 land. FNs høgkommissariat for flyktningar (UNHCR), International Organization for Migration (IOM) og EU-kommisjonen deltek også. I IGC utvekslar ein informasjon og byggjer opp kompetanse om asyl- og flyktningpolitikk og om statsborgarskap og andre spørsmål som gjeld integrering, mellom anna kvalifisering av og språkopplæring for innvandrarar. Det er Justis- og beredskapsdepartementet som har koordineringsansvaret for deltaking i forumet.
Bilateralt samarbeid– familie- og likestillingspolitikk
Det er svært stor interesse for norsk familie- og likestillingspolitikk frå utlandet. BLD tek imot fleire delegasjonar frå utlandet og har mellom anna teke imot fleire parlamentarikardelegasjonar frå Tyskland. Den store interessa for saksområda til BLD gjer også at BLD får mange invitasjonar til å halde føredrag om emnet i utlandet.
Bilateralt samarbeid med Vietnam
Samarbeidsprosjektet på departementsnivå om kjønnslikestilling i Vietnam starta opp i 2010 og blei ført vidare i 2012, med finansiering frå Utanriksdepartementet. I 2012 gjennomførte departementet, med hjelp frå norske ekspertar frå ulike fagmiljø, eit seminar for departementstilsette og andre relevante fagpersonar om kjønnsbasert vald og vald mot kvinner. Departementet deltok òg i menneskerettsdialogen med Vietnam.
Samarbeidsprosjektet har som mål å styrkje kunnskapen om og kompetansen på likestilling og likestillingsarbeid i statsadministrasjonen. Prosjektet har òg som mål å styrkje kvalifikasjonane for personell med ansvar for likestilling på sentralt og lokalt nivå. Som eit ledd i å oppnå desse måla blir det i 2013 arrangert eit seminar om kvinner i arbeidslivet, eit seminar om kjønn og media og eit oppfølgingskurs om integrering av kjønnsperspektivet for relevante ekspertar.
7 Omtale av miljøprofilen i budsjettet
7.1 Forbrukarområdet
7.1.1 Miljøutfordringar
Miljøutfordringa når det gjeld forbruk, handlar om å tilpasse forbruksmønsteret og det samla ressursforbruket i samfunnet til det naturen kan tåle. Både forbruksvolumet og forbruksmønsteret i samfunnet har innverknad på miljøet og klimaet. Miljø-, ressurs- og klimabelastinga frå forbruket i Noreg er høgare enn det som er berekraftig i global målestokk.
Omgrepet berekraftig forbruk tek opp i seg omsynet til både natur, ressursgrunnlag, helse, etikk og rettferdig fordeling.
Det er viktig å skape ei felles forståing av kva eit berekraftig forbruk inneber i praksis. Eit endra forbruksmønster og eit redusert samla ressursforbruk vil krevje endringar både i haldningar, åtferd og livsstil og i teknologi og økonomisk politikk.
Regjeringa sin strategi for ei berekraftig utvikling framhevar behovet for å endre produksjons- og forbruksmønstra. I forbrukarpolitikken er det eit mål å medverke til eit meir berekraftig forbruksmønster gjennom kunnskapsformidling og haldningspåverknad.
Skal forbrukarane kunne ta etiske og miljøtilpassa kjøpsval, og gjennom medviten og koordinert etterspørsel medverke til meir berekraftig produksjon, må det finnast lett tilgjengeleg, påliteleg og tilstrekkeleg informasjon om etikk- og miljøaspekta ved produkta.
7.1.2 Mål
Informasjon om miljømessige, etiske og sosiale aspekt ved varer og tenester, gir forbrukarane høve til å velje dei produkta som belastar miljøet minst mogleg. Medvitne, aktive og godt organiserte forbrukarar kan gjennom etterspørselen sin påverke næringsdrivande til å ta større omsyn til berekraft i samband med avgjerder om investeringar og produksjon.
BLD følgjer ein todelt strategi som går ut på å
leggje til rette, forenkle og standardisere informasjon om miljømessige og etiske aspekt ved forbruket, og
styrkje kunnskapen og engasjementet til forbrukarane om spørsmål knytt til berekraftig forbruk i vid forstand.
Informasjon om miljømessige og etiske aspekt ved varer og tenester kan formidlast gjennom til dømes Internett, produkttestar, marknadsføring, undervisning om forbrukstema i skolen og ved positiv miljømerking. I miljømerkinga blir den relevante informasjonen samanfatta i symbola Svana og EU Ecolabel (miljømerket til EU). Det er eit mål å vidareutvikle og styrkje dei eksisterande offisielle miljømerka, slik at dei kan få enda større gjennomslag på marknaden. Kjennskapen til Svana og EU Ecolabel skal liggje på høvesvis 90 og 30 prosent.
BLD arbeider òg for å auke kunnskapen blant offentlege innkjøparar om korleis ein kan stille og følgje opp sosiale krav i offentlege innkjøp.
7.1.3 Rapport 2012
Arbeidet med miljømerkeordningane Svana og EU Ecolabel blei ført vidare i 2012. Stiftinga Miljømerking i Noreg (Miljømerking) oppdaterte og produserte ny informasjon om miljømerkte produkt som enkle og trygge miljø- og klimaval i kvardagen.
For å fremme gode miljøvanar hos nye generasjonar retta Miljømerking kommunikasjonsarbeidet særleg mot barn og omgivnadene deira. Hausten 2012 starta første sesong av den nye barne-TV-serien om Blekkulf og Svanhild, som er barnefiguren til miljømerket Svana. I snitt såg 101 000 barn mellom 2 og 11 år Blekkulf-episodane.
For 2012 hadde Miljømerking som mål at over 90 prosent av innbyggjarane skulle ha kjennskap til Svana. Den årlege kjennskapsundersøkinga (januar 2013) viste at kjennskapen var på 93 prosent. Undersøkinga viste at kjennskapen til EU Ecolabel blant innbyggjarane var på 11 prosent i 2012, mot 9 prosent i 2011.
Ved utgangen av 2012 fanst det 609 gyldige lisensar og registreringar for miljømerket Svana. Dette er ein nettoauke på 15 lisensar frå 2011.
I 2012 fekk særleg etikk og miljøaspekt innanfor tekstilområdet merksemd. Departementet støtta mellom anna det bransjeretta prosjektet Tekstilpanelet, som arbeider for at klesbransjen i større grad skal ta etikk- og miljøomsyn i produksjonsverksemda si. Organisasjonen Grønn Hverdag fekk støtte til å kartleggje dei etiske og miljømessige retningslinjene til aktørane i klesbransjen. Målet var at det skal bli enklare for forbrukarane å gjere seg kjende med etikk- og miljøaspekta ved tilverkinga av kleda dei kjøper.
I undervisninga i forbrukaremne i skolen er det viktig å fremme kunnskap om korleis forbruk verkar inn på miljø og klima, og korleis forbrukarane og hushalda kan opptre miljømedvite. I tråd med dette fekk Høgskolen i Hedmark i 2012 midlar frå BLD til å vere sekretariat for utdanningsprosjektet Partnership for Education and Research about Responsible Living (PERL). PERL er eit nettverk av lærarar og forskarar frå over 120 institusjonar i meir enn 50 land som mellom anna utviklar undervisningsmateriell og utvekslar kompetanse om berekraftig forbruk og livsstil.
BLD vidareførte i 2012 arbeidet for at offentlege verksemder skal stille sosiale krav i offentlege innkjøp. Direktoratet for forvalting og IKT (Difi) har ansvaret for å utvikle verktøy og heve kompetansen hos offentlege innkjøparar når det gjeld sosiale omsyn i offentlege innkjøp. Undersøkingar viser at sjølv om interessa for temaet aukar blant verksemdene, er det framleis få som stiller sosiale krav i innkjøpa sine.
7.1.4 Tiltak
BLD vil arbeide for å skape større medvit om miljø- og klimakonsekvensar av forbruksval og av det samla private forbruket, og medverke til å konkretisere kva eit berekraftig forbruk vil seie i praksis.
Departementet vil støtte opp om arbeidet med å vidareutvikle frivillig positiv miljømerking (Svana og EU Ecolabel) som verktøy for eit meir berekraftig forbruksmønster. Målet er at talet på miljømerkte produkt på den norske marknaden skal auke, og at forbrukarane i større grad skal spørje etter slike.
Det er viktig at næringsdrivande ikkje nyttar miljø- og etikkargumentasjon på ukorrekt eller villeiande måte i marknadsføringa si. Forbrukarombodet, som forvaltar marknadsføringslova, arbeider for at forbrukarane skal få riktig og relevant informasjon, også om etiske og miljømessige forhold ved varer og tenester.
Både arbeidet med å fremme undervisning om berekraftig forbruk og arbeidet med å auke kunnskapen blant offentlege innkjøparar om korleis ein kan stille og følgje opp sosiale krav i samband med innkjøp, vil bli ført vidare i 2014.
7.2 Barn og unge
7.2.1 Miljøutfordringar
Tilrettelegging og sikring av areal og miljø for leik og aktivitet for barn og unge i byar og på tettstader er viktig. Særleg når utbygging skjer som fortetting av bustadområde som alt er etablerte, må kommunane ta nødvendige omsyn i samband med planlegging og utbygging for å sikre barn og unge eit godt oppvekstmiljø, jf. krav i plan- og bygningslova. Utvikling av arenaer og metodar for deltaking og innverknad mellom anna gjennom barne- og ungdomsråd og frivillige barne- og ungdomsorganisasjonar er ei viktig oppgåve for alle kommunar og fylkeskommunar for at barn og unge skal kunne delta i utforminga av oppvekstmiljøet sitt.
7.2.2 Mål
Gjennom arbeidet med å fremme rettar, deltaking og innverknad for barn og unge vil BLD medverke til at det blir lagt stor vekt på det fysiske oppvekstmiljøet for barn og unge i regional og kommunal planlegging.
Viktige mål for BLD er
at alle kommunane og fylkeskommunane utviklar gode og varierte oppvekstmiljø
at kommunane gjer ei samla vurdering av oppvekstmiljøet for barn og unge for å innarbeide mål og tiltak i planarbeidet sitt
at alle barn og unge har høve til å delta for å kunne påverke utviklinga av nærmiljøet sitt
7.2.3 Rapport 2012
Gjennom tilskot til frivillige barne- og ungdomsorganisasjonar har BLD stimulert til aktivitet i organisasjonar som har kultur- og miljøengasjement som aktivitet. Eit fleirtal av kommunane og fylkeskommunane driv eit systematisk arbeid for å sikre deltaking og innverknad frå barn og ungdom. Mange barn og unge tek del gjennom tilrettelagde prosessar i kommunar og fylke og har høve til å medverke med synspunkt på utviklinga av oppvekstmiljøet.
7.2.4 Tiltak
BLD vil medverke til at regional og kommunal planlegging legg vekt på barn og unge sitt oppvekstmiljø. Departementet vil føre vidare arbeidet med å fremme rettar, deltaking og innverknad for barn og unge, mellom anna gjennom FN-konvensjonen om barnerettane, gjennom støtte til frivillige barne- og ungdomsorganisasjonar og gjennom å stimulere til idé- og erfaringsutveksling mellom kommunar.
8 Mål for inkludering av innvandrarbefolkninga1
8.1 Forord
Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet (BLD) har eit overordna ansvar for å samordne integreringspolitikken til regjeringa. Alle departementa har eit sjølvstendig ansvar for å sikre innvandrarar like høve, rettar og plikter på sitt område. Skolen og arbeidsmarknaden er døme på viktige arenaer for integrering som er underlagde andre departement enn BLD. Eit godt kunnskapsgrunnlag er ein føresetnad for at BLD skal kunne handtere samordningsrolla på ein god måte, og for at dei ansvarlege departementa skal kunne vareta sitt ansvar.
Mål for inkludering av innvandrarbefolkninga er eit viktig verktøy for å synleggjere resultat av integreringspolitikken over tid og for å tydeleggjere ansvaret for det enkelte organ. Måla blei introduserte i statsbudsjettet for 2006. Regjeringa rapporterer årleg på 17 mål som omfattar ansvarsområda til åtte departement. Det blir rapportert på måla og indikatorane både i fagproposisjonen til det ansvarlege departementet og samla hos BLD.
Rapporteringa på Mål for inkludering gir oss eit bilete av utviklinga på integreringsfeltet. Biletet er ikkje fullstendig, og det kan vere fleire årsaker til at situasjonen endrar seg i positiv eller negativ retning. Innvandrarar er ei mangearta gruppe: det er folk som kjem frå EØS-land for å ta arbeid, andre kjem grunna krig og forfølging i heimlandet, og nokon kjem for å sameinast med familie som bur i Noreg. Dei er gamle og unge, nokre har budd i Noreg i kort tid, andre i mange år. Dette er alle sentrale faktorar som forklarer endringar.
Rapporteringa frå dei ansvarlege departementa syner mellom anna desse hovudtrekka (sjå den vidare rapporteringa for fleire detaljar):
Delen sysselsette innvandrarar har halde seg stabil over tid, men er framleis om lag seks prosentpoeng lågare enn i befolkninga elles.
Delen personar med innvandrarbakgrunn med vedvarande låginntekt har blitt lågare dei siste ti åra. Det same gjeld barn med innvandrarbakgrunn som veks opp i familiar med vedvarande låginntekt. Dei siste par åra har nedgangen stabilisert seg.
Talet på minoritetsspråklege barn i barnehage har auka for kvart år sidan 2006. Frå 2011 til 2012 var auken for alle minoritetsspråklige 1–5-åringar på to prosentpoeng, frå 73 til 75 prosent. Det er no nesten ingen forskjell i barnehagedeltakinga for minoritetsspråklige femåringar samanlikna med for alle femåringar. For minoritetsspråklege barn i alderen 1–3 år er det framleis eit potensial for ein auke i barnehagedeltakinga.
Resultat frå dei nasjonale prøvene i lesing og rekning viser at avstanden mellom elevgruppa som heilskap og elevar med innvandrarbakgrunn er blitt mindre i lesing på 5. steget. Ein mindre del av elevane med innvandrarbakgrunn ligg på dei lågaste meistringsnivåa i 2012 samanlikna med i 2011. I rekning viser resultata omtrent den same avstanden i resultata mellom elevar med innvandrarbakgrunn og elevgruppa som heilskap som i 2011.
Ein stadig mindre del av innvandrarane går opp og står til avsluttande prøve i norsk, samstundes som det faktiske talet aukar. Prosentdelen har gått ned dei fire siste åra. Nedgangen heng truleg saman med den aukande arbeidsinnvandringa frå Sentral- og Aust-Europa etter utvidinga av EU i 2004 og 2007.
8.2 Ny ordning
Eit godt kunnskapsgrunnlag og tilgang til relevant informasjon om innvandrarbefolkninga er ein føresetnad for at BLD skal kunne vareta samordningsansvaret for integreringspolitikken på ein god måte, men òg for at fagdepartementa skal kunne vareta ansvaret sitt.
Mål for inkludering har sidan innføringa medverka til å auke medvitet rundt sektoransvarsprinsippet. Likevel har det vore nokre utfordringar som tyder på at det er naudsynt å utvikle ordninga vidare. For nokre departement er måla og indikatorane lite relevante, og departementa brukar dei ikkje i utviklinga av eigen politikk. I tillegg er det behov for å styrkje samordninga av integreringspolitikken og den administrative oppfølginga av ordninga. På grunnlag av ei gjennomgåing av ordninga der fleire departement og direktorat har delteke, vil det skje fleire endringar i ordninga frå budsjettet for 2015.
I Meld. St. 6 (2012–2013) En helhetlig integreringspolitikk blir det slått fast at hovudmålet med integreringspolitikken er at alle som bur i Noreg, skal få bruke ressursane sine og ta del i fellesskapet. Dette skal òg vere målet for den nye ordninga. I samsvar med meldinga vil ordninga bli delt inn i fire temaområde: arbeid og sysselsetjing; utdanning og kvalifisering; levekår; fellesskap og deltaking. Indikatorar som er utforma etter overordna prinsipp som kjønn, butid og landbakgrunn, vil vise utviklinga innanfor kvart område. Indikatorane må vere relevante for departementa si eiga politikkutvikling.
Ordninga vil endre namn frå Mål for inkludering til Mål for integrering. Som tidlegare skal det rapporterast årleg gjennom budsjettproposisjonen til BLD. Det kan òg bli aktuelt med tilleggspublikasjonar. I tillegg vil dei ansvarlege fagdepartementa framleis omtale Mål for integrering i sine eigne budsjettproposisjonar.
8.3 Arbeid og velferd (Arbeidsdepartementet)
8.3.1 Mål
Innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre får i aukande grad ei tilknyting til arbeidsmarknaden, kontrollert for forholda på arbeidsmarknaden.
Indikatorar
delen sysselsette innvandrarar
delen tiltaksdeltakarar som er innvandrarar, samanlikna med delen innvandrarar blant registrerte ledige
delen arbeidsledige norskfødde med innvandrarforeldre, samanlikna med innvandrarar og folkesetnaden totalt
delen sysselsette norskfødde med innvandrarforeldre, samanlikna med innvandrarar og folkesetnaden totalt
delen sysselsette innvandrarar med heiltidsstilling
delen sysselsette innvandrarar med deltidsstilling
Om lag heile veksten i sysselsetjinga frå 2011 til 2012 kom blant innvandrarar frå EØS-land. Høg innvandring medverkar til høg befolkningsvekst. Sjølv om talet på sysselsette har auka, har befolkninga auka meir. Etter 2008 har derfor delen av befolkninga 15 til 74 år som er sysselsette, gått noko ned, frå 72,4 til 68,7 prosent. Nedgangen i sysselsetjingsraten må også sjåast i samanheng med at det er blitt fleire eldre i befolkninga.
Framleis er Noreg mellom dei OECD-landa som har høgast sysselsetjingsrate. Det er viktig å utnytte veksten i sysselsetjinga til å redusere arbeidsløysa blant innvandrarar, jf. delmål 1 i Prop. 1 S (2013–2014) for Arbeidsdepartementet.
Status
I perioden frå fjerde kvartal 2011 til fjerde kvartal 2012 var sysselsetjingsraten blant innvandrarar stabil, med 62,8 prosent. Likevel auka sysselsetjinga med nærmare 27 000 innvandrarar frå 2011 til 2012, men talet på busette innvandrarar auka i same takt. Om lag heile sysselsetjingsveksten i Noreg frå 2011 til 2012 skriv seg frå innvandring. For heile befolkninga gjekk delen sysselsette svakt ned i same perioden, med 0,4 prosentpoeng. Forskjellen i sysselsetjinga mellom innvandrarar og befolkninga totalt i alderen 16–74 år er på om lag 6 prosentpoeng, men på 11 prosent for aldersgruppa 20–66 år. Dette heng saman med at innvandrarane utgjer ein lågare del av personane i dei eldre aldersgruppene.
Personar med bakgrunn frå EU-land i Aust-Europa utgjer den største innvandrargruppa til Noreg. Innvandrarar frå desse landa kjem oftast for å arbeide. I denne gruppa er sysselsetjinga høg, og høgare enn i befolkninga. Det nye i 2012 var at auken i sysselsetjinga for denne gruppa var noko lågare enn innvandringa. Det vil seie at sysselsetjinga i denne gruppa blei redusert; med 0,6 prosentpoeng til 73,0 prosent. Blant innvandrarane frå Asia og Afrika er sysselsetjinga lågare, høvesvis 54,6 og 42,5 prosent. I den sistnemnde gruppa finn ein òg den største nedgangen i delen sysselsette. Forskjellane gruppene imellom har halde seg nokså like over tid.
At sysselsetjingsraten for norskfødde med innvandrarforeldre er lågare enn for innvandrarar, må sjåast i samanheng med at mange norskfødde med innvandrarforeldre er unge og går på skole.
Det er ikkje store forskjellar mellom innvandrarar og befolkninga elles når det gjeld heiltid/deltid. Blant sysselsette innvandrarar jobba 72,7 prosent heiltid, medan 27,3 prosent jobba deltid. I befolkninga i alt var 73,5 prosent registrerte med heiltidsarbeid, medan 26,5 prosent jobba deltid.
Utviklinga i arbeidsløysa blant innvandrarar har i store trekk følgt utviklinga i den samla arbeidsløysa. Frå fjerde kvartal 2011 til fjerde kvartal 2012 var arbeidsløysa for innvandrarar relativt stabil, med berre ein marginal nedgang frå 6,1 til 6,0 prosent. Arbeidsløysa i gruppa blir påverka av konjunkturar om lag som for andre, men arbeidsløysedelen for innvandrarar er stadig om lag tre gonger så høg som for befolkninga i alt. Norskfødde med innvandrarforeldre har lågare arbeidsløyse enn innvandrarar, men høgare arbeidsløyse enn befolkninga i alt.
Ved utgangen av november 2012 utgjorde innvandrarane om lag 46 prosent av dei ordinære tiltaksdeltakarane. Til samanlikning utgjorde dei 35 prosent av alle registrerte arbeidsledige. Dette kan vere eit utrykk for at innvandrarar har større behov for arbeidsretta tiltak, men det har òg samanheng med at ledige innvandrarar frå land utanfor EØS-området er ei prioritert gruppe i arbeidsmarknadspolitikken.
Temaet er nærmare omtalt i Prop. 1 S (2013–2014) for Arbeidsdepartementet.
Tabell 8.1 Delen sysselsette og arbeidsledige
4. kvartal 2011 | 4. kvartal 2012 | |||||
---|---|---|---|---|---|---|
Innvandrarar | Norskfødde med innvandrarforeldre | Innvandrarar | Norskfødde med innvandrarforeldre | Innvandrarar | Norskfødde med innvandrarforeldre | |
Delen sysselsette | 62,8 | 53,0 | 62,8 | 53,0 | 62,8 | 53,0 |
Delen arbeidsledige | 6,1 | 4,4 | 6,1 | 4,4 | 6,1 | 4,4 |
Tabell 8.2 Sysselsette – menn og kvinner
4. kvartal 2011 | 4. kvartal 2012 | |||||
---|---|---|---|---|---|---|
Delen sysselsette innvandrarar | M | K | M | K | M | K |
Delen sysselsette innvandrarar med heiltidsstilling | 67,6 | 57,6 | 67,6 | 57,6 | 67,6 | 57,6 |
Delen sysselsette innvandrarar | 81 | 59 | 81 | 59 | 81 | 59 |
Kjelde: SSB
8.3.2 Mål
Delen innvandrarar med vedvarande låg inntekt skal minke ned mot nivået for befolkninga generelt.
Indikatorar
delen innvandrarar med vedvarande låg inntekt samanlikna med befolkninga sett under eitt
delen barn under 18 år med innvandrarbakgrunn som lever i husstandar med vedvarande låg inntekt, samanlikna med alle barn
Innvandrarar, og særleg innvandrarar med landbakgrunn frå Asia, Afrika og Latin-Amerika, er overrepresenterte i fleire typiske låginntektsgrupper, slik som unge, einslege, einslege forsørgjarar, par med små barn og familiar med tre eller fleire barn. Dette må ein sjå i lys av at sysselsetjinga blant innvandrarar frå dei nemnde gruppene er vesentleg lågare enn for befolkninga elles. Det er òg store skilnader i låginntekt etter innvandringsland, migrasjonsårsak og butid.
Status
Etter den første perioden med måling av vedvarande låg inntekt2 (1997–1999) auka delen innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre med vedvarande låg inntekt fram til treårsperioden 2003–2005. Sidan har det vore ein nedgang i delen med låg inntekt i desse gruppene, særleg for personar frå Asia, Afrika og Latin-Amerika. Nedgangen har halde fram i siste treårsperiode òg (2009–2011). Målt ut frå 50 prosent av medianinntekta (OECD-skala) var 15 prosent av alle innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre registrerte med vedvarande låg inntekt i treårsperioden 2009–2011. Delen for personar med landbakgrunn frå Asia, Afrika og Latin-Amerika var 20 prosent. Den tilsvarande delen målt ved 60 prosent av medianinntekta (EU-skala) var høvesvis 25 og 31 prosent. Delen med vedvarande låg inntekt i befolkninga som heilskap i perioden 2009–2011 var 3,3 prosent (50 prosent av medianinntekta, OECD-skala) og 7,7 prosent (60 prosent av medianinntekta, EU-skala).
Nedgangen i delen innvandrarar med låg inntekt i dei seinare åra har funne stad samtidig som delen av befolkninga som heilskap har vore relativt stabil. Tal frå SSB viser at gruppa av innvandrarar med landbakgrunn frå Asia, Afrika, Latin-Amerika og Aust-Europa i dei seinare åra har hatt ei god og til dels betre inntektsutvikling samanlikna med befolkninga som heilskap. Delen innvandrarar med vedvarande låginntekt er framleis på eit høgt nivå. Fordi personar med innvandrarbakgrunn utgjer ein større del av befolkninga, aukar talet på innvandrarar med låginntekt.
Delen med låginntekt fell med aukande butid for alle grupper innvandrarar. I ein ny studie3 finn SSB at delen med låginntekt blir halvert dei første åra i Noreg for fleire av innvandrargruppene. Etter dei første fem åra ser delen med låginntekt ut til å stabilisere seg – på eit høgt nivå for personar frå Asia, Afrika og Sør-Amerika og på eit nokså høgt nivå for personar frå Aust-Europa. For personar med bakgrunn frå Vest-Europa, Nord-Amerika og Oseania går delen med låg inntekt ned mot det han ligg på for befolkninga sett under eitt etter lang butid i Noreg.
Blant enkelte landgrupper er det ein høg del med låg inntekt sjølv etter lang butid. Dette gjeld mellom anna innvandrarar med landbakgrunn frå Pakistan, Afghanistan, Irak og Somalia.
Barn med innvandrarbakgrunn er overrepresenterte i låginntektsgruppa. Dette har samanheng med ein kombinasjon av svak tilknyting til arbeidsmarknaden hos foreldra og barnerike familiar. Om lag fem av ti barn i hushald med låg inntekt har innvandrarbakgrunn.
Delen av barn med innvandrarbakgrunn som lever i hushald med låg inntekt, har gått noko ned dei siste åra, men held seg på eit høgt nivå. Ettersom talet på innvandrarar aukar, aukar òg talet på barn med innvandrarbakgrunn i hushald med låg inntekt. I treårsperioden 2009–2011 levde 24 prosent av alle barn under 18 år med innvandrarbakgrunn i husstandar med vedvarande låg inntekt målt ved 50 prosent av medianinntekta (OECD-skala). Dette utgjer om lag 25 200 barn. Målt ved 60 prosent av medianinntekta (EU-skala) levde 33 prosent av barn med innvandrarbakgrunn i husstandar med låg inntekt. Dette er om lag 34 500 barn. Delen barn i familiar med bakgrunn frå Asia, Afrika, Latin-Amerika og Aust-Europa i husstandar med låg inntekt er enda noko høgare. Til samanlikning høyrde høvesvis 4,9 og 7,6 prosent av alle barn til husstandar med vedvarande låg inntekt i same periode.
Blant innvandrarbefolkninga er det ein noko høgare del menn enn kvinner med vedvarande låg inntekt. Dette gjeld ved begge målemetodane for låg inntekt. Sett for befolkninga under eitt har ein noko høgare del kvinner låg inntekt når grensa for låg inntekt blir sett til 60 prosent av medianinntekta (EU-skala), medan det er ein marginalt høgare del av mennene som har låg inntekt målt ut frå 50 prosent av medianinntekta (OECD-skala).
Låg inntekt heng i stor grad saman med manglande eller lita tilknyting til arbeidsmarknaden. Delen personar som høyrer til ein husstand utan nokon yrkestilknytte, er høgare i innvandrarbefolkninga, og spesielt blant innvandrarar frå Asia, Afrika og Latin-Amerika, enn i befolkninga som heilskap. Sjå rapportering på målet om tilknyting til arbeidsmarknaden.
Regjeringa la hausten 2011 fram Meld. St. 30 (2010–2011) Fordelingsmeldingen. Meldinga presenterer regjeringa sin politikk for å redusere økonomiske skilnader. Regjeringa har sett i verk målretta tiltak mot fattigdom. Sentrale innsatsområde i handlingsplanen mot fattigdom er tiltak som skal gjere det mogleg for alle å kome i arbeid, tiltak for at alle barn og unge skal kunne delta og utvikle seg, og tiltak for å betre levekåra for dei mest vanskelegstilte. Innvandrarar og barn i innvandrarhusstandar er blant målgruppene. Innsatsen mot fattigdom er òg omtalt i Prop. 1 S (2013–2014) for Arbeidsdepartementet.
8.4 Staten som arbeidsgivar (Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet)
8.4.1 Mål
Delen personar med innvandrarbakgrunn blant dei tilsette i staten skal auke.
Indikatorar
Delen personar med bakgrunn frå Asia, Afrika, Sør- og Mellom-Amerika, Oseania unnateke Australia og New Zealand, og Europa utanom EU/EØS blant dei tilsette i statsadministrasjonen
Delen personar med innvandrarbakgrunn blant dei tilsette i statleg heileigde verksemder
Staten som arbeidsgivar har eit særleg ansvar for å gå føre som eit godt døme ved å auke delen av dei tilsette i staten som har innvandrarbakgrunn. Regjeringa ønskjer å leggje til rette for større mangfald i forvaltinga. Det er også viktig for staten sin legitimitet at forvaltinga så langt som mogleg speglar mangfaldet i befolkninga. Elles viser ein til Prop. 1 S (2013–2014), kap. 1500, for Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet.
Status
Statsadministrasjonen omfattar departementa og dei underliggjande etatane. Delen tilsette i den statlege forvaltinga som har innvandrarbakgrunn (innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre), har auka frå 8,2 prosent i 2011 til 8,6 prosent i 2012. Det viser tal frå statistikkbanken til SSB. Dette omfattar både landgruppe 1 og 24. SSB sine tal viser vidare at delen tilsette med bakgrunn frå landgruppe 2 har auka frå 4,6 prosent i 2011 til 4,8 prosent i 2012. På Kunnskapsdepartementet sitt område var det i 2012 17 prosent (tal frå SSB) av dei tilsette som hadde innvandrarbakgrunn, medan det berre var 1,8 prosent på Forsvarsdepartementet sitt område som hadde slik bakgrunn. Skilnadene mellom departementsområda er mellom anna knytte til ulikskapar mellom departementsområda når det gjeld kvalifikasjonskrava i verksemdene og tilgangen på søkjarar med naudsynte kvalifikasjonar, og til variasjonar når det gjeld utdannings- og yrkesval. Men det er òg klare skilnader mellom verksemdene når det gjeld prioritering av mangfaldsrekruttering i personalarbeidet.
Det er viktig at verksemdene arbeider godt for å ta i bruk den kompetansen som finst blant innvandrarar, og at verksemdene har ei brei tilnærming når dei rekrutterer. Mange verksemder er komne langt med å ta mangfaldsrekruttering fullt inn i det strategiske personalarbeidet, men det er store variasjonar mellom verksemdene her.
I arbeidslivet som heilskap har delen med innvandrarbakgrunn auka mykje gjennom 2000-åra. Privat sektor inkludert offentlege føretak har teke imot mange arbeidsinnvandrarar og hadde med 15,1 prosent innvandrarar i 2012 ein mykje høgare innvandrardel enn det statlege tariffområdet, der innvandrardelen som nemnt var på 8,6 prosent (kjelde: SSB). Ser vi berre på landgruppe 2, auka innvandrardelen frå 6,2 prosent i 2011 til 6,6 prosent i 2012 – også det ein mykje høgare del enn i staten. I privat sektor er det mange fleire jobbar som ikkje krev noka fagopplæring. I statleg sektor trengst høgare utdanning til om lag to tredelar av stillingane. Den store tilstrøyminga av arbeidsinnvandrarar til mellom anna byggje- og anleggsverksemd gjer at innvandrardelen i arbeidslivet som heilskap i 2000-åra har auka meir enn innvandrardelen i det statlege tariffområdet.
8.5 Utdanning og oppvekst (Kunnskapsdepartementet)
8.5.1 Mål
Talet på barn med innvandrarbakgrunn som går i barnehagar, aukar.
Indikator
delen minoritetsspråklege barn i barnehage samanlikna med delen barn i barnehage samla
Språkleg forståing opnar for sosiale fellesskap, og barnehagen er derfor ein viktig integrerings- og språkopplæringsarena for minoritetsspråklege barn i førskolealder. Målretta språkstimuleringstiltak i førskolealder kan bidra til ein betre skolestart for barn som ikkje har norsk som morsmål, og vil på lengre sikt kunne auke barnas deltaking på alle samfunnsarenaer. Sjå Prop. 1 S (2013–2014) for Kunnskapsdepartementet, programkategori 07.30 Barnehagar, og Del III, 7 Ressursar i barnehagesektoren.
Status
I 2012 var det 34 363 barn med minoritetsspråkleg bakgrunn i barnehage. Dette er ein auke på 3 855 frå 2011.
Ved utgangen av 2012 hadde om lag 75 prosent av alle minoritetsspråklege barn i aldersgruppa frå eitt til fem år barnehageplass. På same tidspunktet hadde om lag 90 prosent av alle barn i aldersgruppa barnehageplass.
Tabell 8.3 Delen minoritetsspråklige barn og delen barn totalt i barnehage. Prosent
2009 | 2010 | 2011 | 2012 | |||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Minoritetsspråklege barn | Barn totalt | Minoritetsspråklege barn | Barn totalt | Minoritetsspråklege barn | Barn totalt | Minoritetsspråklege barn | Barn totalt | |
1-åringar | 33 | 69 | 34 | 70 | 37 | 71 | 37 | 70 |
2-åringar | 55 | 86 | 56 | 87 | 59 | 88 | 68 | 91 |
3-åringar | 81 | 95 | 84 | 95 | 84 | 95 | 86 | 95 |
4-åringar | 92 | 97 | 92 | 97 | 95 | 97 | 92 | 97 |
5-åringar | 95 | 97 | 94 | 97 | 96 | 97 | 97 | 98 |
1–5 år | 71 | 89 | 71 | 89 | 73 | 90 | 75 | 90 |
Kjelde: SSB
Frå 2011 til 2012 var auken for minoritetsspråklege barn frå eitt til fem år på to prosentpoeng, frå 73 til 75 prosent. Den tilsvarande delen var 54 prosent for 2005, så det har skjedd ei stor utvikling. Dei siste åra har veksten flata noko ut totalt sett, sidan fleire årskull no har fått høg deltaking.
For fire- og femåringar har delen minoritetsspråklege barn med plass i barnehage vore på godt over 90 prosent dei siste åra, og forskjellen er blitt stadig mindre samanlikna med delen barn i barnehage samla sett. For femåringane er det nesten ingen forskjell. For dei yngre barna er det større forskjell. For eittåringane ligg barnehagedeltakinga på om lag ein tredel (36,5 prosent), noko som er mykje lågare enn for alle eittåringar samla, der prosentdelen er på 69,6 prosent. Minoritetsspråklege toåringar er den aldersgruppa som har hatt størst auke dei siste åra, frå 55,5 prosent i 2009 til 68,2 prosent i 2012. Det er likevel eit stykke igjen til delen toåringar totalt sett, som er på 90,5 prosent. For treåringar er tala 85,5 prosent mot 95,3 prosent totalt sett. Det er med andre ord framleis eit stort potensial for auke i barnehagedeltakinga blant minoritetsspråklege barn i alderen 1–3 år.
8.5.2 Mål
Medverke til å få fleire barnehagelærarar med innvandrarbakgrunn.
Indikatorar
delen barnehagelærarar med innvandrarbakgrunn som arbeider i barnehagane
delen studentar med innvandrarbakgrunn under utdanning for å bli barnehagelærarar
Status
Delen barnehagelærarar med innvandrarbakgrunn som arbeider i barnehage, har auka frå 4,9 prosent i 2009 til 6,0 prosent i 2012. Delen studentar med innvandrarbakgrunn under utdanning for å bli barnehagelærarar har auka frå 6,1 prosent i 2009 til 7,4 prosent i 2012.
8.5.3 Mål
Barn og unge med innvandrarbakgrunn skal meistre norsk språk så tidleg som mogleg i skolegangen for å sikre eit godt læringsutbyte.
Indikatorar
delen barn og unge med innvandrarbakgrunn som får særskilt norskopplæring
resultat frå nasjonale prøver i lesing og rekning på 5. og 8. trinnet for barn med innvandrarbakgrunn, samanlikna med elevgruppa som heilskap
Språket og den sosiale bakgrunnen til elevane har mykje å seie for ulikskapar i læringsutbyte mellom majoritets- og minoritetselevar (sjå til dømes Opheim mfl. 20105). Ein del av prestasjonsforskjellane mellom elevar med innvandrarbakgrunn (innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre) og elevar med norsk bakgrunn reflekterer at elevar med innvandrarbakgrunn i gjennomsnitt har foreldre med lågare utdanning og inntekt enn gjennomsnittet av elevar med norsk bakgrunn.
Status
Av i alt 614 894 elevar i grunnskolen i skoleåret 2012–2013 fekk 44 265 elevar særskilt norskopplæring. Det svarte til 7,2 prosent av elevane, jf. tabellen under. Den delen av elevane som får særskilt norskopplæring, har auka sidan 2006–2007, men har halde seg stabil dei siste tre åra. Auken er ei naturleg følgje av auken i innvandring i denne perioden. Spesielt har innvandring frå andre europeiske land auka. Den delen som får særskilt norskopplæring, er minkande med stigande klassesteg, frå 9 prosent av elevane på 1. steget til 5 prosent av elevane på 10. steget. Dette indikerer at mange av elevane går over til den ordinære læreplanen i norsk ein gong i grunnskolen, i og med at talet på elevar med innvandrarbakgrunn er jamt fordelt på dei ulike stega.
Tabell 8.4 Elevar som får særskilt norskopplæring i grunnskolen
Skoleår | Prosentdel elevar med innvandrarbakgrunn med særskilt opplæring | Prosentdel med særskilt opplæring av elevane totalt | Talet på elevar totalt med særskilt opplæring |
---|---|---|---|
2006–2007 | 71 | 6,5 | 40 152 |
2007–2008 | 71 | 6,5 | 40 017 |
2008–2009 | 73 | 6,7 | 41 024 |
2009–2010 | 69 | 6,8 | 41 674 |
2010–2011 | 63 | 7,2 | 44 080 |
2011–2012 | 60 | 7,2 | 43 991 |
2012–2013 | 56 | 7,2 | 44 265 |
Kjelde: Grunnskolens informasjonssystem (GSI) og SSB
Som tabellen over viser, fekk 56 prosent av elevane med innvandrarbakgrunn i grunnskolen særskilt norskopplæring i skoleåret 2012–2013. Denne delen har minka sidan 2008–2009. Nedgangen i den delen av elevane med innvandrarbakgrunn som får særskilt norskopplæring, kan vere relatert til ei endring i elevsamansetjinga. Det har dei siste åra vore relativt sett størst auke av innvandrarar i aldersgruppa 6–15 år frå Aust-Europa. Andre årsaker kan òg spele inn. Fleire foreldre sender barna sine i barnehage enn tidlegare.6
Fleire skolar har teke i bruk den nye læreplanen i grunnleggjande norsk med kartleggingsverktøy i den særskilte norskopplæringa. Læreplanen i grunnleggjande norsk er ein valfri overgangsplan som berre skal nyttast til elevane er i stand til å følgje opplæringa etter den ordinære læreplanen i norsk. Eit viktig mål med denne planen er at elevane skal utvikle norskspråkleg dugleik så raskt som mogleg. I 2012–2013 har 37 prosent av elevane særskilt norskopplæring etter den nye læreplanen. Dette er 3 prosentpoeng færre enn i 2011–2012. Dei andre får opplæring etter tilpassing i den ordinære læreplanen i norsk.7
Nasjonale prøver i lesing, rekning og engelsk blir gjennomførte for alle elevane på 5. og 8. steget (og på 9. steget i lesing og rekning frå 2010). Elevane skal fordelast på tre og fem nivå for høvesvis 5. og 8. steget. Nivåa set ein etter korleis elevane fordeler seg på nasjonalt nivå. Meistringsnivå 1 er eit lågt meistringsnivå, og ca. 25 prosent av elevane på 5. steget skal liggje på dette nivået. For 8. steget skal ca. 30 prosent av elevane liggje på meistringsnivå 1 og 2.
Resultata frå prøvene viser at innvandrarar har den største delen elevar med dei svakaste prestasjonane, deretter følgjer norskfødde med innvandrarforeldre. Elevgruppa som heilskap har den største delen elevar på høgaste meistringsnivå og langt færre enn dei med innvandrarbakgrunn på lågaste meistringsnivå. Ulikskapen mellom elevar med innvandrarbakgrunn og elevgruppa som heilskap er større på 8. steget enn han er på 5. steget, og større i lesing enn i rekning. Avstanden mellom elevgruppa som heilskap og elevane med innvandrarbakgrunn er blitt mindre i lesing på 5. steget, da ein mindre del av elevane med innvandrarbakgrunn ligg på dei lågaste meistringsnivåa i 2012 samanlikna med i 2011. For 8. steget er det marginale endringar i lesing frå førre året. I rekning viser resultata frå nasjonale prøver omtrent den same avstanden i resultata mellom elevar med innvandrarbakgrunn og elevgruppa som heilskap som i 2011.
Figuren over viser at ein mindre del av elevane med innvandrarbakgrunn presterer på det lågaste nivået i lesing i 2012 samanlikna med i 2011, medan endringa er motsett for elevgruppa som heilskap.
Figuren over viser at i rekning går delen med elevar på lågaste nivå tilsvarande ned både for elevgruppa som heilskap og for elevar med innvandrarbakgrunn frå 2011 til 2012.
Figuren over viser at den delen som presterer på nivå 1 og 2 i lesing i 2012, aukar svakt for alle dei tre kategoriane samanlikna med 2011.
Figuren over viser at den delen som presterer på nivå 1 og 2 i rekning i 2012, aukar svakt for alle dei tre kategoriane samanlikna med 2011.
Resultata i lesing for elevar med innvandrarbakgrunn er klart svakare enn for elevgruppa som heilskap og har vore stabilt svakare dei siste åra.
8.5.4 Mål
Delen norskfødde med innvandrarforeldre som fullfører vidaregåande opplæring, skal tilsvare delen for befolkninga totalt.
Indikatorar
delen norskfødde med innvandrarforeldre med direkte overgang frå grunnskole til vidaregåande opplæring, samanlikna med årskullet som heilskap
delen norskfødde med innvandrarforeldre som oppnår full yrkes- eller studiekompetanse i løpet av fem år etter avslutta grunnskole, samanlikna med årskullet som heilskap
Regjeringa har som mål at flest mogleg skal fullføre vidaregåande opplæring, da dette reduserer risikoen for fattigdom og marginalisering seinare i livet.
Status
Tabellen under viser at i dei siste tre åra går norskfødde med innvandrarforeldre i større eller same grad direkte over i vidaregåande opplæring enn elevgruppa som heilskap. Ein del vaksne innvandrarar deltek i grunnskoleopplæringa og blir talde med i populasjonen som har avslutta grunnskole dersom dei har fått sluttvurdering i eit fag på 10. steget, sjølv om dei ikkje er ferdige med opplæringa. Dersom ein avgrensar statistikken til dei som fyller 16 år i skoleåret 2011–2012, aukar delen innvandrarar med direkte overgang til vidaregåande skole frå 80 til 89 prosent.
Tabell 8.5 Direkte overgang frå grunnskole til vidaregåande opplæring. Prosent
Avslutta grunnskole | Innvandrarar | Norskfødde med innvandrarforeldre | Alle elevar |
---|---|---|---|
2006–2007 | 83 | 97 | 96 |
2007–2008 | 80 | 96 | 96 |
2008–2009 | 80 | 96 | 97 |
2009–2010 | 77 | 97 | 96 |
2010–2011 | 78 | 98 | 97 |
2011–2012 | 80 | 97 | 97 |
Kjelde: SSB
Tabellen nedanfor viser at forskjellen mellom norskfødde med innvandrarforeldre og befolkninga totalt sett når det gjeld kor mange som består vidaregåande opplæring innan fem år, berre er på eitt prosentpoeng. Dette er likt som i fjor.
Tabell 8.6 Delen som avslutta grunnskolen og fullførte og bestod vidaregåande opplæring i løpet av fem år. Prosent
Fullført og bestått vidaregåande opplæring | ||
---|---|---|
Avslutta grunnskole | Norskfødde med innvandrarforeldre | Alle elevar |
2001–2002 | 66 | 67 |
2003–2004 | 66 | 67 |
2004–2005 | 66 | 69 |
2005–2006 | 67 | 68 |
2006–2007 | 67 | 68 |
Kjelde: SSB
Delen norskfødde med innvandrarbakgrunn som fullfører vidaregåande opplæring, er om lag lik som den tilsvarande delen i befolkninga totalt sett. Målet er dermed nådd.
8.5.5 Mål
Delen innvandrarar som kom til landet i ungdomsskole- eller vidaregåande alder, og som fullfører vidaregåande opplæring, skal auke.
Indikator
delen innvandrarar som kom til landet som 13- og 16-åringar og fullfører og består vidaregåande opplæring innan dei fyller 30 år
Regjeringa har som mål at flest mogleg skal fullføre vidaregåande opplæring, da dette reduserer risikoen for fattigdom og marginalisering seinare i livet.
Status
Dei fleste elevane i grunnskolen som har innvandra, har kome hit etter skolestart. På grunn av manglande informasjon om kva for skolegang dei har frå før, er det vanskeleg å seie i kor stor grad dei har mista grunnskoleopplæring. Ungdommar som kjem til Noreg etter at dei har fylt 16 år, har rett til grunnskoleopplæring for vaksne. Frå og med august 2012 blei det lovfesta at det er mogleg å organisere innføringstilbod for nykomne i eigne klassar eller skolar og å avvike frå fag- og timefordelinga og læreplanane. Formålet med dette er å sikre individuelle behov og rettar for den enkelte eleven på ein betre måte.
Tabell 8.7 Delen innvandrarar som har fullført og bestått vidaregåande opplæring i alderen 20–30 år. Prosent
Alder da dei kom til Noreg | ||
---|---|---|
20–30 år | 13 år | 16 år |
2006 | 39 | 26 |
2007 | 46 | 32 |
2008 | 50 | 30 |
2009 | 51 | 39 |
2010 | 49 | 37 |
2011 | 52 | 38 |
2012 | 50 | 38 |
Kjelde: SSB
Av dei som kom til Noreg da dei var 13 år (1 855 personar), har delen som fullfører og består vidaregåande opplæring, ikkje endra seg stort sidan 2008. Ein stor del av desse elevane fullfører vidaregåande opplæring på meir enn normert tid. Av dei som kom til landet som 13-åringar, er det fleire jenter enn gutar som har stått til vidaregåande opplæring (høvesvis 61 og 44 prosent).
Av dei som kom til Noreg da dei var 16 år (2 618 personar), har delen som fullfører og består vidaregåande opplæring, ikkje endra seg stort dei siste fire åra. Også blant dei som kom til Noreg som 16-åringar, er det stor forskjell mellom gutar og jenter. I gjennomsnitt har 46 prosent av jentene og 33 prosent av gutane fullført og bestått vidaregåande opplæring innan dei er 30 år (kjelde: SSB).
Totalt sett var det ein vesentleg auke frå 2006 til 2009 i den delen som kjem til landet som 13- og 16-åringar og fullfører og består vidaregåande opplæring når dei er mellom 20 og 30 år, men etter dette har det vore lite endring. Indikatoren viser framleis at målet ikkje er nådd.
8.5.6 Mål
Delen tilsette i grunnskolen og vidaregåande opplæring med innvandrarbakgrunn skal auke.
Indikatorar
delen med innvandrarbakgrunn som går på utdanningar som fører til lærarkompetanse
delen med innvandrarbakgrunn tilsett innan undervisning
Status
Kompetente tilsette er den viktigaste føresetnaden for god kvalitet og sosial utjamning i heile utdanningssystemet. Det er behov for fleire lærarar med innvandrarbakgrunn i skolen, slik at dei kan verke som positive rollemodellar for elevane. Samtidig kan desse lærarane bidra med viktig kultur- og språkkompetanse.
Tabell 8.8 Delen med innvandrarbakgrunn på utdanningar som fører til lærarkompetanse. Prosent
2007 | 2008 | 2009 | 2010 | 2011 | |
---|---|---|---|---|---|
Innvandrarbakgrunn | 5,0 | 5,9 | 6,1 | 6,2 | 6,2 |
Menn totalt | 25,8 | 25,1 | 25,2 | 25,7 | 25,9 |
- av dei menn med innvandrarbakgrunn | 5,7 | 6,5 | 6,7 | 6,3 | 6,5 |
Kvinner totalt | 74,2 | 74,9 | 74,8 | 74,3 | 74,1 |
- av dei kvinner med innvandrarbakgrunn | 4,8 | 5,7 | 5,9 | 6,1 | 6,1 |
Talet på personar totalt | 19 600 | 19 624 | 20 690 | 22 114 | 22 495 |
Kjelde: SSB
Tabellen over viser at 6,3 prosent av dei som gjekk på utdanningar som førte til lærarkompetanse i 2012 (allmennlæra-, førskolelærar- og fagskolelærarutdanning, lektorutdanning på masternivå og praktisk-pedagogisk utdanning), hadde innvandrarbakgrunn. Studentar med innvandrarbakgrunn frå Asia, Afrika, Sør- og Mellom-Amerika, Oseania unnateke Australia og New Zealand og Europa utanom EU/EØS (landgruppe 2), utgjer 4,3 prosent av alle som går på utdanningar som fører til lærarkompetanse.
Tabellen under viser at 4,7 prosent av undervisningspersonalet i kommunale grunnskolar hadde innvandrarbakgrunn i 2012, ein svak auke frå 2011. I fylkeskommunal vidaregåande opplæring har delen tilsette med innvandrarbakgrunn auka jamt dei siste seks åra og ligg no på 5,5 prosent. Blant tilsette med innvandrarbakgrunn er det ei hovudvekt av innvandrarar frå andre europeiske land. Det gjeld både i grunnskolen og vidaregåande opplæring, med høvesvis 2,9 og 3,7 prosent av alle tilsette.
Tabell 8.9 Delen med innvandrarbakgrunn blant undervisningspersonalet i grunnskolar og vidaregåande opplæring. Prosent
2007 | 2008 | 2009 | 2010 | 2011 | 2012 | |
---|---|---|---|---|---|---|
Kommunale grunnskolar | 3,4* | 3,5* | 4,3 | 4,6 | 4,6 | 4,7 |
Fylkeskommunal vidaregåande opplæring | 4,0 | 4,5 | 4,8 | 5,0 | 5,2 | 5,5 |
Tala inkluderer både hovud- og attåtarbeidsforhold.
* Før 2009 er ikkje lærarar som ikkje har oppgitt utdanning, inkluderte i tala for grunnskolen, og dei kan derfor ikkje samanliknast med seinare tal.
Kjelde: SSB
I tråd med målsetjinga tyder indikatorane på at delen tilsette med innvandrarbakgrunn i grunnskolar og vidaregåande skolar har auka, men at auken er svak.
8.6 Språk og barnevern (Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet)
8.6.1 Mål
Vaksne innvandrarar skal lære tilstrekkeleg norsk til å fungere i samfunnet i løpet av dei fem første åra dei bur i landet.
Indikator
delen vaksne innvandrarar med fem års butid i Noreg som har gått opp til og stått til avsluttande prøve i norsk
Gode kunnskapar i norsk er ein føresetnad for å kunne delta i arbeids- og samfunnslivet, og det er viktig at innvandrarar lærer norsk så snart som mogleg etter at dei er komne til Noreg. Sjå programkategori 11.05 Integrering og mangfald, delmål 2.2 Rask overgang til arbeid eller utdanning for nykomne innvandrarar.
Status
Ved utgangen av 2012 hadde 28 984 vaksne innvandrarar fem års butid i Noreg. Talet inkluderer ikkje personar som hadde norsk statsborgarskap da dei kom til landet.8
Det var 28,5 prosent av dei vaksne innvandrarane (16 år og eldre) med fem års butid som hadde gått opp til avsluttande skriftleg prøve i norsk, og 21,1 prosent som hadde gått opp til avsluttande munnleg prøve ved utgangen av 2012.
Av dei vaksne innvandrarane med fem års butid var det 15,6 prosent som hadde stått til skriftleg prøve, og 18,6 prosent som hadde stått til munnleg prøve ved utgangen av 2012.
Delen av dei som kom til Noreg i 2007 og som hadde gått opp til og/eller stått til skriftleg og munnleg prøve, er den lågaste nokonsinne, samstundes har det aldri tidlegare vore fleire som har gått opp/stått til prøvene. Hovudgrunnen til det er den store auken i talet på arbeidsinnvandrarar frå Sentral- og Aust-Europa. Desse personane er ikkje omfatta av introduksjonslova og ordninga med opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar, og derfor melder færre seg opp til og gjennomfører den avsluttande prøva.
Figuren under viser utviklinga for vaksne innvandrarar med fem års butid i Noreg som har gått opp til enten Norskprøve 2 eller Norskprøve 3.
Figuren viser at dei som kom til Noreg i 2007, og som framleis budde i landet ved utgangen av 2012, i langt mindre grad enn dei som kom i 2003–2005, har gått opp til og stått til avsluttande prøve i norsk. Resultata for personar med innreiseår 2007 er dei lågaste i heile perioden. Resultatnedgangen heng truleg saman med aukande arbeidsinnvandring frå Sentral- og Aust-Europa etter utvidinga av EU i 2004 og 2007. Med ein så stor auke i talet på innvandrarar, i hovudsak arbeidsinnvandrarar, vil delen som går opp til avsluttande prøver, minke. Frå og med 2006 er arbeid registrert som innvandringsgrunn for fleirtalet av dei som kom til landet. Arbeidsinnvandrarar som oppheld seg i landet på bakgrunn av EØS/EFTA-avtala, har verken rett eller plikt til norskopplæring, medan andre arbeidsinnvandrarar har plikt, men ikkje rett til gratis opplæring. Det er få av dei med plikt som vel å delta i opplæringa.
Det er ei utfordring at den delen som ikkje kan dokumentere kunnskap i norsk fem år etter at dei kom til landet, framleis aukar. Mangelfulle norskkunnskapar kan ha negativ innverknad på deltaking i arbeid, utdanning og samfunnet elles. I 2013 blei det derfor innført obligatoriske avsluttande prøver i norsk og samfunnskunnskap for alle som er omfatta av rett og plikt til opplæring i norsk og samfunnskunnskap etter introduksjonslova.
8.6.2 Mål
Medverke til å auke delen tilsette med innvandrarbakgrunn i barnevernstenesta.
Indikatorar
delen studentar med innvandrarbakgrunn under utdanning for å bli barnevernspedagogar
delen kvinner og menn med innvandrarbakgrunn under utdanning for å bli barnevernspedagogar og tilsette med innvandrarbakgrunn som arbeider i barnevernstenesta
delen kvinner og menn med innvandrarbakgrunn som arbeider i barnevernstenesta
Å auke delen tilsette med innvandrarbakgrunn i barnevernstenesta er eit ledd i arbeidet med å auke den fleirkulturelle kompetansen i barnevernet og å gi arbeidet større legitimitet.
Status
Delen studentar med innvandrarbakgrunn (innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre) under utdanning for å bli barnevernspedagogar har dei siste åra vore relativt jamn (5,2 prosent i 2008, 4,8 prosent i 2007, 5 prosent i 2011 og 4,6 prosent i 2012). Av studentane med innvandrarbakgrunn var 70,4 prosent kvinner og 29,6 prosent menn i 2012.
Det har vore ein auke i delen barnevernstilsette med innvandrarbakgrunn dei siste åra (frå 4,7 prosent i 2007 til 6,2 prosent i 2011 og 6,7 prosent i 2012). Her har det samstundes vore ein auke i delen menn med innvandrarbakgrunn og ein reduksjon i delen kvinner med innvandrarbakgrunn. Om lag halvparten av dei med innvandrarbakgrunn i 2012 var menn.
Av dei tilsette med innvandrarbakgrunn har 4,1 prosent bakgrunn frå Europa utanom EU/EFTA, Asia (inkludert Tyrkia), Afrika, Sør- og Mellom-Amerika og Oseania utanom Australia og New Zealand, og 2,6 prosent har bakgrunn frå EU-/EFTA-land, Nord-Amerika, Australia og New Zealand.
8.7 Helse og omsorg (Helse- og omsorgsdepartementet)
8.7.1 Mål
Helseforskjellane mellom etniske grupper skal reduserast.
Indikator
dødsraten for kvinner og menn med innvandrarbakgrunn i aldersgruppa 25–64 år, samanlikna med dødelegheita i befolkninga generelt.
Eit problem i analysar av dødsratar etter fødeland er at ein større del av innvandrarane samanlikna med etnisk norske flyttar ut av Noreg i perioden ein undersøkjer. Dersom det er forskjell i vanhelse for dei som utvandrar, og dei som blir buande i Noreg, vil dette påverke resultata. Innvandrarbefolkninga er generelt yngre enn den resterande befolkninga med ein særleg stor del mellom 25 og 50 år. Mange av dei gruppene som har innvandra dei siste åra, er dermed framleis unge, og få har rokke å bli såpass gamle at dei døyr. Pakistan og Vietnam er valde ut som eigne grupper, da dei har vore to store grupper heilt sidan 1970- og 1980-åra og personar herifrå derfor har rokke å bli gamle og har store nok dødsratetal. Alle desse atterhalda gjer at tala må tolkast med varsemd.
Status
Innvandrarar hadde generelt lågare dødsratar enn den resterande delen av befolkninga i begge tidsperiodane 1990–1999 og 2000–2009, med unnatak av menn og kvinner frå Pakistan og kvinner frå Afrika i første perioden. Menn frå Pakistan var den gruppa med den høgaste dødsraten i 1990-åra, men denne raten fall ned på nivået til norske menn i 2000-åra.
Innvandrarar frå Vietnam og Rest-Asia9 hadde den lågaste dødsraten både i 1990-åra og i 2000-åra, både for menn og for kvinner.
I begge periodane skilde pakistanske kvinner seg ut blant kvinnene med høg dødsrate. Dei hadde om lag 17 prosent høgare dødsrate enn norske kvinner i siste perioden og 67 prosent høgare dødsrate enn vietnamesiske kvinner.
Alle innvandrargrupper og resten av befolkninga hadde lågare dødsrate i 2000-åra enn i 1990-åra. For dei fleste var det ein signifikant nedgang, men for innvandrarar frå Vietnam, som alt hadde eit lågt nivå i 1990-åra, var nedgangen ikkje statistisk signifikant. Også menn frå Afrika hadde ein ikkje-signifikant nedgang.
Det kan vere fleire årsaker til at ikkje-innvandrarar er blant dei med høgast dødsrate i analysane. Éi mogleg årsak er ein såkalla healthy worker effect, som går ut på at det er dei friskaste og sterkaste innvandrarane som kjem til Noreg. Denne teorien blir styrkt ved at innvandrargruppene har lågare dødsrate enn det som gjeld landa dei utvandrar frå.
Ei anna forklaring kan vere relatert til skeivskapar i datamaterialet. Ein stor del av dei som er fødde utanfor Noreg, forlèt landet ein gong i oppfølgingsperioden. Dersom desse utflyttarane er sjukare enn dei som er igjen, vil dei som er igjen, ha ein lågare dødsrate enn dei totalt sett ville hatt dersom alle hadde vore til stades. Det ligg ikkje føre informasjon om helsestatusen til dei som utvandrar.
8.8 Politi, kriminalomsorg og rettsvesen (Justis- og beredskapsdepartementet)
8.8.1 Mål
Ein skal sikte mot ein auke i delen tilsette med innvandrarbakgrunn i politi- og påtalemakta og i kriminalomsorga.
Indikatorar
delen tilsette med innvandrarbakgrunn innanfor politi- og påtalemakta
delen tilsette med innvandrarbakgrunn innanfor retts- og fengselsvesenet.
Status
I 2012 hadde 3,9 prosent av dei tilsette i politi- og påtalemakta innvandrarbakgrunn, mot 3,6 prosent i 2011. Av desse var 290 menn og 369 kvinner. 256 av dei hadde bakgrunn frå Asia, 74 frå Afrika, medan 177 hadde bakgrunn frå Aust-Europa. Som det går fram av tabellen under, har det vore ei jamn stigning i talet på tilsette med innvandrarbakgrunn sidan 2005.
Tabell 8.10 Tilsette med innvandrarbakgrunn i politi- og påtalemakta og i retts- og fengselsvesen
Tilsette med innvandrarbakgrunn i politi- og påtalemakta | Tilsette med innvandrarbakgrunn i retts- og fengselsvesenet | |||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Prosent totalt | Totalt (tal) | Menn (tal) | Kvinner( tal) | Prosent totalt | Totalt (tal) | Menn (tal) | Kvinner (tal) | |
2005 | 2,0 | 299 | 124 | 175 | 2,0 | 299 | 124 | 175 |
2006 | 2,2 | 334 | 134 | 200 | 2,2 | 334 | 134 | 200 |
2007 | 2,6 | 398 | 155 | 243 | 2,6 | 398 | 155 | 243 |
2008 | 2,8 | 437 | 183 | 254 | 2,8 | 437 | 183 | 254 |
2009 | 3,3 | 520 | 221 | 299 | 3,3 | 520 | 221 | 299 |
2010 | 3,4 | 553 | 241 | 312 | 3,4 | 553 | 241 | 312 |
2011 | 3,6 | 588 | 259 | 329 | 3,6 | 588 | 259 | 329 |
2012 | 3,9 | 659 | 290 | 369 | 3,9 | 659 | 290 | 369 |
Kjelde: SSB, tal frå 4. kvartal per år
I 2012 hadde 3,3 prosent av dei tilsette i retts- og fengselsvesenet innvandrarbakgrunn, det same som i i 2011. Dette utgjorde 236 personar. Av desse var 105 menn og 131 kvinner. 77 av dei hadde bakgrunn frå Asia, 22 frå Afrika, medan 64 hadde bakgrunn frå Aust-Europa. Det har vore ei stigning sidan 2006, da 1,9 prosent av dei tilsette i retts- og fengselsvesenet hadde innvandrarbakgrunn.
Rekruttering til politiyrket skjer gjennom Politihøgskolen (PHS). PHS har drive aktivt og systematisk rekrutteringsarbeid retta mot søkjarar med minoritetsbakgrunn gjennom fleire år. Tabellen under syner tal for søkjarar til bachelorutdanninga og studentar med minoritetsbakgrunn som er tekne opp til utdanninga. I 2013 er det 170 søkjarar som har opplyst at dei har minoritetsbakgrunn, og av desse er det teke opp 35 studentar, 24 menn og 11 kvinner. Det er ein oppgang i delen av det totale opptaket frå 4,0 prosent i 2012 til 4,9 prosent i 2013.
Tabell 8.11 Søkjarar med minoritetsbakgrunn til bachelorutdanninga ved Politihøgskolen
År | Talet på søkjarar totalt | Talet på søkjarar med minoritetsbakgrunn | Studentar med minoritetsbakgrunn som er tekne opp | Menn (tal) | Kvinner (tal) |
---|---|---|---|---|---|
20051 | 2 265 | 88 | 7 | ||
2006 | 1 965 | 79 | 9 | 6 | 3 |
2007 | 1 889 | 105 | 29 | 22 | 7 |
2008 | 1 990 | 134 | 29 | 23 | 6 |
2009 | 2 851 | 88 | 30 | 24 | 6 |
2010 | 3 220 | 93 | 22 | 19 | 3 |
2011 | 2 760 | 131 | 23 | 17 | 6 |
2012 | 3 442 | 94 | 29 | 16 | 13 |
2013 | 4 052 | 170 | 35 | 24 | 11 |
1 Inga fordeling på kjønn i 2005.
Kjelde: Politihøgskolen (Høgskolen har bede søkjarane sjølve opplyse om dei har minoritetsbakgrunn. Dei som har kryssa av for minoritetsbakgrunn, er tekne med i rapporteringa.)
I opptaket for januar 2013 blei det teke opp 175 aspirantar til Fengselsskolen. I dette opptaket var det 13 aspirantar med fleirspråkleg bakgrunn utover engelsk. Desse utgjorde 7,4 prosent av dei rekrutterte aspirantane. Det var ein auke på 2,2 prosentpoeng frå opptaket for 2012. Temaet er nærmare omtalt i Prop. 1 S for Justis- og beredskapsdepartementet.
8.8.2 Mål
Ein skal arbeide for å auke delen lekdommarar med innvandrarbakgrunn.
Indikator
delen lekdommarar med innvandrarbakgrunn
Status
Det er lovfesta at lekdommarutvala skal ha ei allsidig samansetjing, slik at dei på best mogleg vis representerer alle delane av befolkninga, sjå Prop. 1 S (2012–2013) for Justis- og beredskapsdepartementet, programkategori 06.20 Rettsvesen. Dersom ein jamfører lekdommarutvala i perioden 2004–2007 med utvala i perioden 2008–2012, kan ein sjå ein liten auke i delen lekdommarar med innvandrarbakgrunn. Det finst ikkje oppdaterte tal for delen med innvandrarbakgrunn i lekdommarutvala som gjeld frå 1. januar 2013.10
8.9 Bustad og val (Kommunal- og regionaldepartementet)
8.9.1 Mål
Innvandrarar skal sikrast trygge butilhøve og unngå utstøyting i bustadmarknadene.
Indikatorar
delen innvandrarar som mottek statleg bustøtte
delen bustadlause med fødeland utanfor Europa og Nord-Amerika
Gode og trygge butilhøve legg til rette for gode oppvekstvilkår for barn og ungdom, samtidig som det gir vaksne eit viktig fundament for å delta aktivt i samfunnslivet elles. Derfor er regjeringa oppteken av at innvandrarar blir sikra trygge butilhøve og ikkje blir utstøytte frå bustadmarknadene.
Status
Innvandrarar er ikkje ei spesifikk målgruppe for bustøtta. Bustøtta er ei ordning som gir rett til støtte for husstandar med låge inntekter og høge buutgifter. Frå 1. juli 2009 blei eit nytt regelverk for ordninga sett i kraft. Som følgje av dei nye reglane har talet på mottakarar auka med 21 prosent frå 126 100 i 2008 til 152 600 i 2012.
Delen innvandrarar som får statleg bustøtte, har auka frå 18 til 27 prosent i perioden frå 2006 til 2012. Norskfødde med innvandrarforeldre utgjer ein svært liten del av bustøttemottakarane.
Resultata tyder på at i dei lågaste inntektsgruppene har innvandrarar større problem med å dekkje jamlege buutgifter enn befolkninga generelt.
Tabell 8.12 Husstandar som fekk statleg bustøtte, og delen av mottakarane som har innvandrarbakgrunn
Husstandar som fekk bustøtte (tal) | Delen innvandrarar (%) | Delen norskfødde med innvandrarforeldre (%) | |
---|---|---|---|
2006 | 121 600 | 18 | 0,2 |
2007 | 129 700 | 19 | 0,2 |
2008 | 126 100 | 20 | 0,2 |
2009 | 136 700 | 21 | 0,3 |
2010 | 149 700 | 23 | 0,4 |
2011 | 155 500 | 25 | 0,5 |
2012 | 152 600 | 27 | 0,5 |
Kjelde: SSB og Husbanken
Tabell 8.13 Bustadlause etter fødeland/region. Prosent
Land/region | 2012 | 2008 | 2005 | 2003 | 1996 |
---|---|---|---|---|---|
Talet på bustadlause totalt | 6 250 | 6 100 | 5 500 | 5 200 | 6 200 |
Noreg | 77 | 81 | 82 | 86 | 82 |
Norden, Europa elles, Amerika, Australia | 7 | 2 | 3 | 2 | 3 |
Annan region | 13 | 13 | 13 | 10 | 13 |
Veit ikkje | 3 | 1 | 1 | 1 | 1 |
Kjelde: Dyb, E. og K. Johannessen (2013): Bostedsløse i Norge 2012 – en kartlegging. NIBR-rapport 2013:5.
Hausten 2012 blei det gjennomført ei ny kartlegging av bustadlause i Noreg. Kartlegginga omfattar berre dei som er i kontakt med hjelpeapparatet. Det vil derfor alltid vere ein del mørketal i kartleggingar av bustadlause.
Kartlegginga av bustadlause i 2012 syner at delen bustadlause som er fødde i Noreg, er blitt relativt mindre frå 2003 (86 prosent) til 2012 (77 prosent). Auken i bustadlause frå 2008 gjeld personar som er fødde i vestlege land (Norden, Europa elles, Amerika og Australia).
Vidare syner kartlegginga at det er store forskjellar mellom kommunar og kommunegrupper. I Oslo er 21 prosent av dei bustadlause frå Afrika, medan 7 prosent er fødde i Asia/Oseania. Dette er ein auke på 3 prosentpoeng for dei bustadlause som er fødde i Afrika, medan det er ein nedgang på 1 prosentpoeng for dei frå Asia/Oseania.
Temaet er òg omtalt i Prop. 1 S (2013–2014) for Kommunal- og regionaldepartementet.
8.9.2 Mål
Delen personar med innvandrarbakgrunn og stemmerett som deltek ved kommunestyreval, fylkestingsval og stortingsval, skal tilsvare valoppslutninga samla.
Indikatorar
delen innvandrarar som stemte ved det siste lokalvalet, samanlikna med valoppslutninga totalt
delen innvandrarar som stemte ved det siste stortingsvalet, samanlikna med valoppslutninga totalt
For at eit representativt demokrati skal fungere slik det er tenkt, er det viktig at ikkje valoppslutninga blir for låg. Samstundes som borgarane ved å stemme aukar innverknaden over sin eigen kvardag, medverkar deltaking ved val til å gjere borgarane ansvarlege og medvitne.
Status
Valdeltakinga varierer sterkt mellom dei ulike innvandrargruppene. Ei undersøkning frå SSB syner at 43 prosent av innvandrarane med norsk statsborgarskap, det vil seie innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre, nytta stemmeretten ved valet i 2011. Blant utanlandske statsborgarar med stemmerett deltok berre 32 prosent. Den generelle valdeltakinga var på 64,2 prosent ved kommunestyrevalet og 59,9 prosent ved fylkestingvalet.
Det er lågast deltaking blant dei med stemmerett som kjem frå ikkje-EU-/EØS-land i Europa, medan valdeltakinga er høgast blant dei med bakgrunn frå Nord-Amerika og EU-/EØS-land i Europa.
Samanlikna med lokalvala i 2003 og 2007 var det totalt sett ein moderat auke i deltakinga ved valet i 2011. Innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre som har afrikansk bakgrunn, har høgare valdeltaking enn dei med bakgrunn frå Europa sett under eitt, medan innvandrarar frå Balkan har særleg låg deltaking. Innvandrarar frå Sri Lanka har den høgaste deltakinga utanfor Europa, følgt av Pakistan og Somalia. Blant utanlandske statsborgarar har dei frå Nederland og Somalia høgast deltaking. Ser ein på utviklinga frå valet i 2007 til valet i 2011, er det dei med bakgrunn frå Marokko og Somalia som har størst auke i valdeltakinga, medan nedgangen er størst blant dei med bakgrunn frå Russland.
Generelt er valdeltakinga høgast blant kvinner og blant dei med lengst butid i Noreg. Dei med butid over 30 år hadde ei deltaking på 58 prosent ved valet i 2011. Ved valet i 2007 auka deltakinga gradvis med auka butid. Ved valet i 2011 hadde likevel dei som hadde budd i landet i inntil 10 år, høgare deltaking enn dei som hadde budd her mellom 10 og 19 år.
Kvinner hadde noko høgare valdeltaking enn menn både i 2007 og i 2011. Det var 6 prosentpoeng fleire kvinner enn menn som deltok blant dei med bakgrunn frå EU-/EØS-land og frå Sør-Amerika. Dette biletet er ikkje likt overalt. Blant dei med bakgrunn frå Oseania er det for eksempel 14 prosentpoeng fleire menn enn kvinner som deltek. Når det gjeld enkeltland, er det størst skilnad blant dei med bakgrunn frå Thailand. Her deltek 31 prosentpoeng fleire kvinner enn menn. Blant dei med bakgrunn frå Russland deltek 16 prosentpoeng fleire kvinner enn menn, medan menn med bakgrunn frå Irak og Bosnia-Hercegovina har høvesvis 10 og 8 prosentpoeng høgare deltaking enn kvinner frå same området.
Departementet har sett inn fleire tiltak retta mot innvandrarar for å auke kunnskapen deira om val og korleis dei kan stemme ved stortingsvalet 2013. Sjå Prop. 1 S (2013–2014) for Kommunal- og regionaldepartementet.
8.10 Kultur og media (Kulturdepartementet)
8.10.1 Mål
Auka deltaking og auka del aktive utøvarar med innvandrarbakgrunn innan kultur- og mediesektoren.
Indikatorar
delen arbeidstakarar med innvandrarbakgrunn innan kultur- og mediesektoren.
delen statleg oppnemnde styremedlemmer med innvandrarbakgrunn i teater- og orkesterinstitusjonar
delen norske skjønnlitterære boktitlar forfatta av personar med innvandrarbakgrunn innkjøpt av Norsk kulturråd
Regjeringa har som mål å leggje til rette for eit kulturliv der alle får tilgang til kunst- og kulturopplevingar og til å ytre seg kreativt, uavhengig av faktorar som sosioøkonomisk, kulturell og religiøs bakgrunn og funksjonsevne, jf. Meld. St. 10 (2011–2012) Kultur, inkludering og deltaking. Meldinga legg til grunn at spørsmål om inkludering og mangfald skal inngå i all verksemd i kunst- og kulturinstitusjonar som får tilskot frå staten.
Status
Arbeidstakarar med innvandrarbakgrunn utgjer 8,1 prosent av alle arbeidstakarane i kultur- og mediesektoren. Av desse er 4,5 prosent kvinner og 3,6 prosent menn. Resultata syner ein liten auke frå 2011, da arbeidstakarar med innvandrarbakgrunn i kultur- og mediesektoren utgjorde 7,5 prosent.
Tabell 8.14 Arbeidstakarar med innvandrarbakgrunn i kultur- og mediesektoren, 2012. Absolutte tal og prosent
Sektor | Arbeidstakarar med innvandrarbakgrunn | Arbeidstakarar totalt | |||||
---|---|---|---|---|---|---|---|
Totalt | Kvinner | Menn | Pst. | Pst. kvinner | Pst. menn | ||
Film og video | 335 | 153 | 182 | 8,9 | 46 | 54 | 3 774 |
Radio og fjernsyn | 291 | 136 | 155 | 4,6 | 47 | 53 | 6 335 |
Sjølvstendig kunstnarleg verksemd | 511 | 262 | 249 | 10,1 | 51 | 49 | 5 058 |
Drift av lokale knytt til kunstnarleg verksemd | 84 | 41 | 43 | 9,3 | 49 | 51 | 907 |
Bibliotek og arkiv | 312 | 226 | 86 | 7,9 | 72 | 28 | 3 958 |
Museum, vern av historiske stader og bygningar | 375 | 241 | 134 | 10,5 | 64 | 36 | 3 583 |
Kjelde: SSB
Av dei 160 statleg oppnemnde styremedlemmene i teaterinstitusjonane og symfoniorkestera har 25 styremedlemmer innvandrarbakgrunn. Dette utgjer 15,6 prosent, mot 16,4 i 2011. Rapporteringa femner om scenekunstinstitusjonar (teater, opera, ballett) og orkesterselskap med fast årleg tilskot frå Kulturdepartementet.
I 2012 omfatta innkjøpsordninga for norsk skjønnlitteratur for vaksne 233 titlar. Fem av titlane var skrivne av personar med innvandrarbakgrunn. I 2011 var 5 av 232 titlar skrivne av personar med innvandrarbakgrunn. Innkjøpsordninga for norsk skjønnlitteratur for barn og unge omfatta 142 titlar totalt, fire skrivne av personar med innvandrarbakgrunn. I 2011 var det 9 av 137 (kjelde: Norsk kulturråd).
9 Standardiserte nøkkeltal for nettobudsjetterte verksemder
I tilknyting til budsjettproposisjonen for 2014 er det sett opp tre standardtabellar med følgjande nøkkeltal for Likestillings- og diskrimineringsombodet, Forbrukarrådet og SIFO:
Tabell 1. Utgifter og inntekter etter art: Formålet med tabellen er å vise brutto utgifter og inntekter for verksemda basert på kontantprinsippet og artsinndelt etter dei prinsippa som gjeld for dei bruttobudsjetterte verksemdene.
Tabell 2. Inntekter etter inntektskjelde: Dei fleste nettobudsjetterte verksemdene har fleire inntektskjelder, og formålet med tabell 2 er å gi ei oversikt over dei ulike kjeldene.
Tabell 3. Verksemdas kontantbehaldningar per 31. desember med spesifikasjon av dei formåla kontantbehaldningane skal nyttast til: Formålet med tabellen er å vise dei totale overføringane til neste budsjettår og samansetjinga av overføringane.
9.1 Likestillings- og diskrimineringsombodet
Tabell 9.1 Utgifter og inntekter etter art
Rekneskap | Budsjett | |||
---|---|---|---|---|
Beløp i NOK | 2010 | 2011 | 31.12.2012 | 2013 |
Utgiftsart | ||||
Driftsutgifter | ||||
Lønnsutgifter | 32 427 614 | 37 686 237 | 40 902 781 | 41 351 000 |
Varer og tenester | 21 566 732 | 18 721 939 | 14 066 830 | 14 618 000 |
Sum driftsutgifter | 53 994 346 | 56 408 176 | 54 969 611 | 55 969 000 |
Investeringsutgifter | ||||
Investeringar, større utstyrsinnkjøp og vedlikehald | 0 | 900 520 | 134 792 | 0 |
Sum utgifter til større utstyrsinnkjøp og vedlikehald | 0 | 900 520 | 134 792 | 0 |
Overføringar frå verksemda | ||||
Utbetalingar til andre statlege rekneskapar | 0 | 0 | 0 | 0 |
Utbetalingar til andre verksemder | 0 | 0 | 0 | 0 |
Sum overføringar frå verksemda | 0 | 0 | 0 | 0 |
Finansielle aktivitetar | ||||
Kjøp av aksjar og partar | 0 | 0 | 0 | 0 |
Andre finansielle utgifter | 0 | 0 | 0 | 0 |
Sum finansielle aktivitetar | 0 | 0 | 0 | 0 |
Sum utgifter | 53 994 346 | 57 308 696 | 55 104 403 | 55 969 000 |
Inntektsart | ||||
Driftsinntekter | ||||
Inntekter frå sal av varer og tenester | 0 | 0 | 0 | 0 |
Inntekter frå avgifter, gebyr og lisensar | 0 | 0 | 0 | 0 |
Refusjonar | 1 304 095 | 975 513 | 1 951 620 | 1 037 000 |
Andre driftsinntekter | 0 | 0 | 0 | 0 |
Sum driftsinntekter | 1 304 095 | 975 513 | 1 951 620 | 1 037 000 |
Inntekter frå investeringar | ||||
Sal av varige driftsmidlar | 0 | 0 | 0 | 0 |
Sum investeringsinntekter | 0 | 0 | 0 | 0 |
Overføringar til verksemda | ||||
Inntekter frå statlege løyvingar | 51 228 000 | 52 713 000 | 54 347 000 | 54 140 000 |
Andre innbetalingar | 2 813 092 | 1 509 596 | 3 413 969 | 2 342 000 |
Sum overføringar til verksemda | 54 041 092 | 54 222 596 | 57 760 969 | 56 482 000 |
Finansielle aktivitetar | ||||
Innbetaling frå sal av aksjar og partar | 0 | 0 | 0 | 0 |
Andre finansielle innbetalingar | 0 | 0 | 0 | 0 |
Sum finansielle aktivitetar | 0 | 0 | 0 | 0 |
Sum inntekter | 55 345 187 | 55 198 109 | 59 712 589 | 57 519 000 |
Netto endring i kontantbehaldninga | 1 350 841 | -2 110 587 | 4 608 186 | 1 550 000 |
Tabell 9.2 Inntekter etter inntektskjelde
Inntektskjelde | Rekneskap | Budsjett | ||
---|---|---|---|---|
Beløp i NOK | 2010 | 2011 | 2012 | 2013 |
Løyvingar til finansiering av statsoppdraget | ||||
Løyvingar frå fagdepartementet | 51 228 000 | 52 713 000 | 54 347 000 | 54 140 000 |
Løyvingar frå andre departement | 0 | 0 | 0 | 0 |
Løyvingar frå andre statlege forvaltingsorgan | 0 | 0 | 0 | 0 |
Tildelingar frå Noregs forskingsråd | 0 | 0 | 0 | 0 |
Sum løyvingar til statsoppdraget | 51 228 000 | 52 713 000 | 54 347 000 | 54 140 000 |
Offentlege og private bidrag | ||||
Bidrag frå kommunar og fylkeskommunar | 0 | 0 | 0 | 0 |
Bidrag frå private | 0 | 0 | 0 | 0 |
Tildelingar frå internasjonale organisasjonar | 0 | 0 | 0 | 0 |
Sum bidrag | 0 | 0 | 0 | 0 |
Oppdragsinntekter m.m. | ||||
Oppdrag frå statlege verksemder | 2 748 190 | 1 415 586 | 3 294 848 | 1 439 000 |
Oppdrag frå kommunale og fylkeskommunale verksemder | 0 | 0 | 0 | 0 |
Oppdrag frå private | 0 | 0 | 0 | 0 |
Andre inntekter og tidsavgrensingar | 1 368 997 | 1 069 523 | 2 070 741 | 1 940 000 |
Sum oppdragsinntekter m.m. | 4 117 187 | 2 485 109 | 5 365 589 | 3 379 000 |
Sum inntekter | 55 345 187 | 55 198 109 | 59 712 589 | 57 519 000 |
Tabell 9.3 Kontantbehaldningane til verksemda per 31. desember med spesifikasjon av dei formåla kontantbehaldningane skal nyttast til
Balansedag 31. desember | 2010 | 2011 | 2012 | Endring |
---|---|---|---|---|
Beløp i NOK | 2011–2012 | |||
Kontantbehaldning | ||||
Behaldning på oppgjerskonto i Noregs Bank | 8 188 542 | 6 077 955 | 10 686 141 | 4 608 186 |
Behaldning på andre bankkonti | 0 | 0 | 0 | 0 |
Andre kontantbehaldningar | 0 | 0 | 0 | 0 |
Sum kontantar og kontantekvivalentar | 8 188 542 | 6 077 955 | 10 686 141 | 4 608 186 |
Avsetjingar til dekking av oppståtte kostnader med forfall i neste budsjettår | ||||
Feriepengar m.m. | 2 909 217 | 3 198 314 | 3 370 063 | 171 749 |
Skattetrekk og offentlege avgifter | 3 182 992 | 2 666 801 | 2 864 415 | 197 614 |
Gjeld til leverandørar | 422 955 | 770 298 | 347 343 | |
Gjeld til oppdragsgivarar | 1 206 600 | -1 186 840 | -558 104 | 628 736 |
Anna gjeld med forfall i neste budsjettår | 1 736 767 | 1 441 132 | -295 635 | |
Sum til dekking av oppståtte kostnader med forfall i neste budsjettår | 7 298 809 | 6 837 997 | 7 887 804 | 1 049 807 |
Avsetjingar til dekking av planlagde tiltak der kostnadene heilt eller delvis vil bli dekte i framtidige budsjettår | ||||
Prosjekt finansierte av Noregs forskingsråd | 0 | 0 | 0 | 0 |
Større fleirårige investeringsprosjekt som er sette i gang, og som er finansierte av grunnløyvinga frå fagdepartementet | 0 | 0 | 0 | 0 |
Konkrete, ikkje fullførte prosjekt som er sette i gang, og som er finansierte av grunnløyvinga frå fagdepartementet | 0 | 0 | 0 | 0 |
Andre avsetjingar til vedtekne formål som ikkje er sette i gang | 0 | 0 | 0 | 0 |
Konkrete, ikkje fullførte prosjekt som er sette i gang, og som er finansierte av løyvingar frå andre departement | 0 | 0 | 0 | 0 |
Sum avsetjingar til planlagde tiltak i framtidige budsjettår | 0 | 0 | 0 | 0 |
Andre avsetjingar | ||||
Avsetjingar til andre formål/ ikkje spesifiserte formål | 0 | -760 042 | 2 798 337 | 3 558 379 |
Fri verksemdskapital | 889 733 | 0 | 0 | 0 |
Sum andre avsetjingar | 889 733 | -760 042 | 2 798 337 | 3 558 379 |
Langsiktig gjeld (netto) | ||||
Langsiktig forplikting knytt til anleggsmidlar | 0 | 0 | 0 | 0 |
Anna langsiktig gjeld | 0 | 0 | 0 | 0 |
Sum langsiktig gjeld | 0 | 0 | 0 | 0 |
Sum netto gjeld og forpliktingar | 8 188 542 | 6 077 955 | 10 686 141 | 4 608 186 |
9.2 Forbrukarrådet
Tabell 9.4 Utgifter og inntekter etter art
Rekneskap | Budsjett | |||
---|---|---|---|---|
Beløp i NOK | 2010 | 2011 | 31.12.2012 | 2013 |
Utgiftsart | ||||
Driftsutgifter | ||||
Lønnsutgifter | 68 434 270 | 82 900 035 | 85 834 719 | 87 571 000 |
Varer og tenester | 50 102 677 | 40 246 256 | 29 289 519 | 37 563 000 |
Sum driftsutgifter | 118 536 947 | 123 146 291 | 115 124 237 | 125 134 000 |
Investeringsutgifter | ||||
Investeringar, større utstyrsinnkjøp og vedlikehald | 0 | 19 407 493 | 5 449 856 | 0 |
Sum utgifter til større utstyrsinnkjøp og vedlikehald | 0 | 19 407 493 | 5 449 856 | 0 |
Overføringar frå verksemda | ||||
Utbetalingar til andre statlege rekneskapar | 0 | 0 | 0 | 0 |
Utbetalingar til andre verksemder | 0 | 387 000 | 387 000 | 200 000 |
Sum overføringar frå verksemda | 0 | 387 000 | 387 000 | 200 000 |
Finansielle aktivitetar | ||||
Kjøp av aksjar og partar | 0 | 0 | 0 | 0 |
Andre finansielle utgifter | 18 560 | 5 993 | 21 938 | 7 000 |
Sum finansielle aktivitetar | 18 560 | 5 993 | 21 938 | 7 000 |
Sum utgifter | 118 555 507 | 142 946 778 | 120 983 032 | 125 341 000 |
Inntektsart | ||||
Driftsinntekter | ||||
Inntekter frå sal av varer og tenester | 1 208 580 | 1 149 472 | 2 163 771 | 300 000 |
Inntekter frå avgifter, gebyr og lisensar | 0 | 0 | 0 | 0 |
Refusjonar | 3 282 040 | 3 969 634 | 2 645 174 | 3 500 000 |
Andre driftsinntekter | -165 230 | 196 944 | 194 386 | 0 |
Sum driftsinntekter | 4 325 390 | 5 316 051 | 5 003 331 | 3 800 000 |
Inntekter frå investeringar | ||||
Sal av varige driftsmidlar | 0 | 0 | 0 | 0 |
Sum investeringsinntekter | 0 | 0 | 0 | 0 |
Overføringar til verksemda | ||||
Inntekter frå statlege løyvingar | 106 927 500 | 127 085 834 | 114 771 000 | 118 197 000 |
Andre innbetalingar | 5 158 590 | 4 535 765 | 4 477 503 | 3 344 000 |
Sum overføringar til verksemda | 112 086 090 | 131 621 600 | 119 248 503 | 121 541 000 |
Finansielle aktivitetar | ||||
Innbetaling frå sal av aksjar og partar | 0 | 0 | 0 | 0 |
Andre finansielle innbetalingar (f.eks. innbetaling av rente) | 420 | 1 593 | 732 | 0 |
Sum finansielle aktivitetar | 420 | 1 593 | 732 | 0 |
Sum inntekter | 116 411 900 | 136 939 243 | 124 252 566 | 125 341 000 |
Netto endring i kontantbehaldninga | -2 143 607 | -6 007 535 | 3 269 534 | 0 |
Tabell 9.5 Inntekter etter inntektskjelde
Inntektskjelde | Rekneskap | Budsjett | ||
---|---|---|---|---|
Beløp i NOK | 2010 | 2011 | 2012 | 2013 |
Løyvingar til finansiering av statsoppdraget | ||||
Løyvingar frå fagdepartementet | 106 927 500 | 129 976 438 | 117 671 000 | 118 497 000 |
Løyvingar frå andre departement | 0 | 0 | 0 | 0 |
Løyvingar frå andre statlege forvaltingsorgan | 0 | 0 | 0 | 0 |
Tildelingar frå Noregs forskingsråd | 0 | 0 | 0 | 0 |
Sum løyvingar til statsoppdraget | 106 927 500 | 129 976 438 | 117 671 000 | 118 497 000 |
Offentlege og private bidrag | ||||
Bidrag frå kommunar og fylkeskommunar | 0 | 76 240 | 116 240 | 0 |
Bidrag frå private | ||||
Tildelingar frå internasjonale organisasjonar | 0 | 1 497 399 | 1 649 511 | 1 744 000 |
Sum bidrag | 0 | 1 573 639 | 1 765 751 | 1 744 000 |
Oppdragsinntekter m.m. | ||||
Oppdrag frå statlege verksemder | 5 041 930 | 0 | 0 | 0 |
Oppdrag frå kommunale og fylkeskommunale verksemder | 100 000 | 0 | 0 | 0 |
Oppdrag frå private | 0 | 0 | 0 | 0 |
Refusjonar | 3 282 040 | 3 969 634 | 2 645 174 | 3 500 000 |
Andre inntekter og tidsavgrensingar | 1 060 430 | 1 419 532 | 2 170 641 | 1 600 000 |
Sum oppdragsinntekter m.m. | 9 484 400 | 5 389 166 | 4 815 815 | 5 100 000 |
Sum inntekter | 116 411 900 | 136 939 243 | 124 252 566 | 125 341 000 |
Tabell 9.6 Kontantbehaldningane til verksemda per 31. desember med spesifikasjon av dei formåla kontantbehaldningane skal nyttast til
Balansedag 31. desember | 2010 | 2011 | 2012 | Endring |
---|---|---|---|---|
Beløp i NOK | 2011–2012 | |||
Kontantbehaldning | ||||
Behaldning på oppgjerskonto i Noregs Bank | 20 135 380 | 16 544 732 | 17 452 090 | 907 358 |
Behaldning på andre bankkonti | 54 118 | -2 362 770 | -594 | 2 362 176 |
Andre kontantbehaldningar | 0 | 0 | 0 | 0 |
Sum kontantar og kontantekvivalentar | 20 189 498 | 14 181 963 | 17 451 496 | 3 269 534 |
Avsetjingar til dekking av oppståtte kostnader med forfall i neste budsjettår | ||||
Feriepengar m.m. | 6 119 750 | 6 859 687 | 7 033 115 | 173 428 |
Skattetrekk og offentlege avgifter | 4 969 140 | 5 511 978 | 5 725 188 | 213 210 |
Gjeld til leverandørar | 1 163 009 | 1 555 476 | 2 799 702 | 1 244 226 |
Gjeld til oppdragsgivarar | 1 047 960 | 1 276 873 | 775 301 | -501 572 |
Anna gjeld med forfall i neste budsjettår | 655 900 | 2 179 989 | 1 703 449 | -476 540 |
Sum til dekking av oppståtte kostnader med forfall i neste budsjettår | 13 955 759 | 17 384 003 | 18 036 756 | 652 752 |
Avsetjingar til dekking av planlagde tiltak der kostnadene heilt eller delvis vil bli dekte i framtidige budsjettår | ||||
Prosjekt finansierte av Noregs forskingsråd | 0 | 0 | 0 | 0 |
Større, fleirårige investeringsprosjekt som er sette i gang, og som er finansierte av grunnløyvinga frå fagdepartementet | 0 | 0 | 0 | 0 |
Konkrete, ikkje fullførte prosjekt som er sette i gang, og som er finansierte av grunnløyvinga frå fagdepartementet | 0 | 0 | 0 | 0 |
Andre avsetjingar til vedtekne formål som ikkje er sette i gang | 0 | 0 | 0 | 0 |
Konkrete, ikkje fullførte prosjekt som er sette i gang, og som er finansierte av løyvingar frå andre departement | 0 | 0 | 0 | 0 |
Sum avsetjingar til planlagde tiltak i framtidige budsjettår | 0 | 0 | 0 | 0 |
Andre avsetjingar | ||||
Avsetjingar til andre formål / ikkje spesifiserte formål | 1 394 649 | -1 536 786 | -714 959 | 821 827 |
Fri verksemdskapital | 4 949 315 | -1 555 029 | 239 925 | 1 794 954 |
Sum andre avsetjingar | 6 343 964 | -3 091 816 | -475 034 | 2 616 781 |
Langsiktig gjeld (netto) | ||||
Langsiktig forplikting knytt til anleggsmidlar | 0 | 0 | 0 | 0 |
Anna langsiktig gjeld | -110 225 | -110 225 | -110 225 | 0 |
Sum langsiktig gjeld | -110 225 | -110 225 | -110 225 | 0 |
Sum netto gjeld og forpliktingar | 20 189 498 | 14 181 963 | 17 451 496 | 3 269 534 |
9.3 Statens institutt for forbruksforsking
Tabell 9.7 Utgifter og inntekter etter art
Rekneskap | Budsjett | |||
---|---|---|---|---|
Beløp i NOK | 2010 | 2011 | 31.12.2012 | 2013 |
Utgiftsart | ||||
Driftsutgifter | ||||
Lønnsutgifter | 28 040 062 | 28 560 960 | 29 437 046 | 33 950 000 |
Varer og tenester | 29 020 150 | 20 925 745 | 16 204 132 | 15 360 000 |
Sum driftsutgifter | 57 060 212 | 49 486 705 | 45 641 178 | 49 310 000 |
Investeringsutgifter | ||||
Investeringar, større utstyrsinnkjøp og vedlikehald | 0 | 0 | 0 | 0 |
Sum utgifter til større utstyrsinnkjøp og vedlikehald | 0 | 0 | 0 | 0 |
Overføringar frå verksemda | ||||
Utbetalingar til andre statlege rekneskapar | 0 | 0 | 0 | 0 |
Utbetalingar til andre verksemder | 0 | 0 | 0 | 0 |
Sum overføringar frå verksemda | 0 | 0 | 0 | 0 |
Finansielle aktivitetar | ||||
Kjøp av aksjar og partar | 0 | 0 | 0 | 0 |
Andre finansielle utgifter | 0 | 0 | 0 | 0 |
Sum finansielle aktivitetar | 0 | 0 | 0 | 0 |
Sum utgifter | 57 060 212 | 49 486 705 | 45 641 178 | 49 310 000 |
Inntektsart | ||||
Driftsinntekter | ||||
Inntekter frå sal av varer og tenester | 0 | 0 | 0 | 0 |
Inntekter frå avgifter, gebyr og lisensar | 0 | 0 | 0 | 0 |
Refusjonar | 696 000 | 1 092 857 | 969 324 | 0 |
Andre driftsinntekter | 0 | 0 | 0 | 0 |
Sum driftsinntekter | 696 000 | 1 092 857 | 969 324 | 0 |
Inntekter frå investeringar | ||||
Sal av varige driftsmidlar | 0 | 0 | 0 | 0 |
Sum investeringsinntekter | 0 | 0 | 0 | 0 |
Overføringar til verksemda | ||||
Inntekter frå statlege løyvingar | 26 481 000 | 27 041 000 | 27 879 000 | 28 799 000 |
Andre innbetalingar | 30 703 181 | 25 580 330 | 18 256 168 | 18 400 000 |
Sum overføringar til verksemda | 57 184 181 | 52 621 330 | 46 135 168 | 47 199 000 |
Finansielle aktivitetar | ||||
Innbetaling frå sal av aksjar og partar | 0 | 0 | 0 | 0 |
Andre finansielle innbetalingar | 0 | 0 | 0 | 0 |
Sum finansielle aktivitetar | 0 | 0 | 0 | 0 |
Sum inntekter | 57 880 181 | 53 714 187 | 47 104 492 | 47 199 000 |
Netto endring i kontantbehaldninga | 819 969 | 4 227 482 | 1 463 314 | -2 111 000 |
Tabell 9.8 Inntekter etter inntektskjelde
Inntektskjelde | Rekneskap | Budsjett | ||
---|---|---|---|---|
Beløp i NOK | 2010 | 2011 | 2012 | 2013 |
Løyvingar til finansiering av statsoppdraget | ||||
Løyvingar frå fagdepartementet | 26 481 000 | 27 041 000 | 27 879 000 | 28 799 000 |
Løyvingar frå andre departement | 0 | 0 | 0 | 0 |
Løyvingar frå andre statlege forvaltingsorgan | 0 | 0 | 0 | 0 |
Tildelingar frå Noregs forskingsråd | 20 878 163 | 16 894 100 | 11 184 051 | 15 000 000 |
Sum løyvingar til statsoppdraget | 47 359 163 | 43 935 100 | 39 063 051 | 43 799 000 |
Offentlege og private bidrag | ||||
Bidrag frå kommunar og fylkeskommunar | 0 | 0 | 0 | 0 |
Bidrag frå private | 8 289 859 | 7 334 569 | 6 687 699 | 2 400 000 |
Tildelingar frå internasjonale organisasjonar | 1 535 159 | 1 351 661 | 1 353 742 | 1 000 000 |
Sum bidrag | 9 825 018 | 8 686 230 | 8 041 441 | 3 400 000 |
Oppdragsinntekter m.m. | ||||
Oppdrag frå statlege verksemder | 0 | 0 | 0 | 0 |
Oppdrag frå kommunale og fylkeskommunale verksemder | 0 | 0 | 0 | 0 |
Oppdrag frå private | 0 | 0 | 0 | 0 |
Andre inntekter og tidsavgrensingar | 696 000 | 1 092 857 | 0 | 0 |
Sum oppdragsinntekter m.m. | 696 000 | 1 092 857 | 0 | 0 |
Sum inntekter | 57 880 181 | 53 714 187 | 47 104 492 | 47 199 000 |
Tabell 9.9 Kontantbeladninga til verksemda per 31. desember med spesifikasjon av dei formåla kontantbehaldningane skal nyttast til
Balansedag 31. desember | 2010 | 2011 | 2012 | Endring |
---|---|---|---|---|
Beløp i NOK | 2011–2012 | |||
Kontantbehaldning | ||||
Behaldning på oppgjerskonto i Noregs Bank | 9 621 944 | 17 277 785 | 18 741 099 | 1 463 314 |
Behaldning på andre bankkonti | 3 428 358 | 0 | 0 | 0 |
Andre kontantbehaldningar | 0 | 0 | 0 | 0 |
Sum kontantar og kontantekvivalentar | 13 050 303 | 17 277 785 | 18 741 099 | 1 463 314 |
Avsetjingar til dekking av oppståtte kostnader med forfall i neste budsjettår | ||||
Feriepengar m.m. | 2 657 665 | 2 757 965 | 2 810 874 | 52 909 |
Skattetrekk og offentlege avgifter | 2 787 641 | 2 155 015 | 2 436 771 | 281 756 |
Gjeld til leverandørar | 2 622 000 | 123 | -4 682 | -4 805 |
Gjeld til oppdragsgivarar | 0 | 0 | 0 | 0 |
Anna gjeld med forfall i neste budsjettår | -2 255 270 | 1 969 530 | 4 126 248 | 2 156 718 |
Sum til dekking av oppståtte kostnader med forfall i neste budsjettår | 5 812 036 | 6 882 633 | 9 369 211 | 2 486 578 |
Avsetjingar til dekking av planlagde tiltak der kostnadene heilt eller delvis vil bli dekte i framtidige budsjettår | ||||
Prosjekt finansierte av Noregs forskingsråd | 0 | 0 | 0 | 0 |
Større, fleirårige investeringsprosjekt som er sette i gang, og som er finansierte av grunnløyvinga frå fagdepartementet | 0 | 0 | 0 | 0 |
Konkrete, ikkje fullførte prosjekt som er sette i gang, og som er finansierte av grunnløyvinga frå fagdepartementet | 0 | 1 250 000 | 1 250 000 | 0 |
Andre avsetjingar til vedtekne formål som ikkje er sette i gang | 0 | 0 | 0 | 0 |
Konkrete, ikkje fullførte prosjekt som er sette i gang, og som er finansierte av løyvingar frå andre departement | 0 | 0 | 0 | 0 |
Sum avsetjingar til planlagde tiltak i framtidige budsjettår | 0 | 1 250 000 | 1 250 000 | 0 |
Andre avsetjingar | ||||
Avsetjingar til andre formål / ikkje spesifiserte formål | 0 | 0 | 0 | 0 |
Fri verksemdskapital | 7 238 267 | 9 145 152 | 8 121 888 | -1 023 264 |
Sum andre avsetjingar | 7 238 267 | 9 145 152 | 8 121 888 | -1 023 264 |
Langsiktig gjeld (netto) | ||||
Langsiktig forplikting knytt til anleggsmidlar | 0 | 0 | 0 | 0 |
Anna langsiktig gjeld | 0 | 0 | 0 | 0 |
Sum langsiktig gjeld | 0 | 0 | 0 | 0 |
Sum netto gjeld og forpliktingar | 13 050 303 | 17 277 785 | 18 741 099 | 1 463 314 |
Fotnotar
Innvandrarbefolkninga inkluderer her innvandrarar, det vil seie personer som er fødde i utlandet av to utanlandsfødde foreldre, og som på eit tidspunkt har innvandra til Noreg; og norskfødde med innvandrarforeldre, som altså er fødde i Noreg, men har to foreldre som er innvandrarar.
Opheim, V., J.B. Grøgaard og T. Næss (2010): De gamle er eldst? Betydning av skoleressurser, undervisningsformer og læringsmiljø for elevenes prestasjoner på 5., 8. og 10. trinn i grunnopplæringen. Nifu Step, Oslo.
95 prosent av alle minoritetsspråklege femåringar deltok i barnehage i 2011 (SSB).
Rambøll Management (2010): Evaluering av implementering av nye læreplaner i grunnleggende norsk og morsmål for språklige minoriteter. Rambøll Management Consulting, Oslo.
Grunnlag for utrekninga: I 2007 kom det 42 785 innvandrarar for første gong (16 år eller eldre, med utanlandsk statsborgarskap). Av desse utvandra 13 638, og 163 døydde før utgangen av 2012. Kjelde: SSB.