Del 1
Innleiande del
1 Hovudmål og politiske prioriteringar
Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet (BLD) har eit overordna ansvar for familie og samliv, likestilling, ikkje-diskriminering, barns og unges oppvekst og levekår, barnevern, forbrukarinteresser og integrering av innvandrarar. BLD arbeider på desse områda kontinuerleg for å redusere forskjellar i samfunnet.
Noreg er eit mangfaldig samfunn. Alle som bur i Noreg, skal få bruke ressursane sine og ta del i fellesskapet. Regjeringa vil hindre at det utviklar seg eit samfunn der innvandrarar og barna deira har dårlegare levekår enn andre.
Målet for regjeringa sin politikk på barne- og ungdomsområdet er å sikre alle barn og unge likeverdige tilbod og å leggje til rette for at alle barn og unge har like gode moglegheiter til å utvikle seg, utan omsyn til foreldra sin bakgrunn og livssituasjon og kvar i landet dei bur.
Der familien ikkje strekk til, har samfunnet ei plikt til å sikre barn og unge gode omsorgstilbod og oppvekstvilkår. Det er eit viktig mål for regjeringa at barnevernet over heile landet skal kunne gi rett hjelp til utsette barn og unge tidleg. Barn og unges rettar, slik dei kjem til uttrykk i FNs konvensjon om barnerettane, skal liggje til grunn for utforminga av politikken på området.
Regjeringa har som mål at kvinner og menn skal kunne delta i arbeidslivet og dele på omsorgsoppgåvene i heimen. Slik kan samfunnet få nytte av all kompetansen som finst blant innbyggjarane, og både kvinner og menn kan få brukt og utvikla evnene sine på ulike arenaer. Regjeringa vil føre vidare arbeidet for eit samfunn med likestilling og fråvær av diskriminering for alle. Diskriminering er eit brot på menneskerettane som rammer både den enkelte og heile samfunnet. Likestilling tyder at individa skal ha like rettar, plikter og moglegheiter på alle område i livet, uavhengig av mellom anna kjønn, alder, etnisitet, religion, seksuell orientering og funksjonsevne.
Vald og overgrep i nære relasjonar er eit alvorleg samfunnsproblem, og BLD arbeider både for å førebyggje valden og for å sikre gode tilbod til personar som er utsette for vald. Kamp mot vald og overgrep har vore eit satsingsområde for regjeringa i heile åtteårsperioden. Tilbodet til valdsutøverar og barn utsett for vald, er styrkt. Budsjettforslaget for 2014 inneheld forslag som vil styrkje innsatsen mot vald og overgrep ytterlegare. Sidan 2005 er det sett i verk fleire tiltak for å styrkje rettstryggleiken til valds- og overgrepsutsette barn i barnelovsaker for domstolene, sist ved lovendringane som ble vedtekne av Stortinget i juni 2013 (barneperspektivet i foreldretvister).
Gjennom forbrukarpolitikken vil regjeringa sikre forbrukarane ei sterk stilling og gjere det enklare for forbrukarane å ta etiske og miljøvennlege val, og slik medverke til eit meir etisk og miljøforsvarleg forbruk.
Informasjon er eit av dei viktigaste verkemidla i forbrukarpolitikken. I tråd med dette har regjeringa satsa på å etablere nye elektroniske informasjonsløysingar retta mot forbrukarane. I dei seinare åra er det etablert både ein nettportal med oversikt over marknadene for sparing, lån og forsikring, finansportalen.no, og ein prisportal for tannhelsetenester, hvakostertannlegen.no. Begge løysingane medverkar til auka konkurranse, og gjer det lettare for forbrukarane å velje mellom produkt frå ulike tilbydarar.
Politikken til regjeringa skal bidra til tillit innbyggjarar imellom og til institusjonar i samfunnet. Slik tillit er viktig for å støtte opp under ordningar i velferdssamfunnet og styrkje fellesskap og samhald. Alle innbyggjarar i Noreg skal ha like moglegheiter til å engasjere seg, og frivillige organisasjonar er viktige aktørar i eit demokratisk og inkluderande samfunn.
Forslaget til statsbudsjett for 2014 for BLD omfattar programområde 11 Barn, likestilling og inkludering og programområde 28 Foreldrepengar.
BLD har desse hovudmåla for politikkområda sine:
God og open forvalting
Alle som bur i Noreg skal få bruke ressursane sine og ta del i fellesskapet
Likestilling mellom kvinner og menn i familie-, arbeids- og samfunnsliv
Eit ikkje-diskriminerande samfunn for alle uavhengig av mellom anna kjønn, seksuell orientering, funksjonsevne og etnisitet
Gode oppvekst- og levekår for barn og ungdom
Eit barnevern som gir barn og unge omsorg og vern slik at dei meistrar livet sitt og utviklar evnene sine
Ei sterk stilling for forbrukarane
Eit etisk og miljøforsvarleg forbruk.
1.1 God og open forvalting
Departementet vil sikre ei effektiv og open forvalting med god kvalitet gjennom styring, organisering og drift av sektoren.
Gode og effektive etatar er viktige for å nå måla for sektoren. Departementet vidarefører ei målretta styring og oppfølging av tilknytte verksemder og underliggjande etatar for å medverke til dette.
BLD har eit samordningsansvar for fleire viktige område. Dette inneber at departementet har eit særleg ansvar for områda gjennom til dømes lovforvalting, men har ikkje sjølv alle verkemidlane. Ei god samordning er avgjerande for gjennomføringa og resultata for regjeringa sin politikk.
BLD arbeidar med å styrkje kompetanse og kjerneoppgåver i departementet. I 2013 har BLD òg arbeidd særskilt med kvaliteten på arbeidet som blir gjort som sekretariat for den politiske leiinga, mellom anna gjennom å vurdere betre arbeidsdeling mellom departementet og direktorata og å sjå på interne arbeidsformer. Departementet vidarefører dette arbeidet i 2014.
Hovudmålet til BLD for beredskapsarbeidet er å førebyggje uønskte hendingar og minske konsekvensane dersom slike hendingar skulle oppstå.
1.2 Alle som bur i Noreg, skal få bruke ressursane sine og ta del i fellesskapet
Migrasjon har alltid vore ein del av samfunnsutviklinga i Noreg. I dei siste tiåra har Noreg i større grad blitt eit innvandringsland. Global utvikling har medverka til at befolkninga i Noreg er mangfaldig.
Regjeringa sitt mål for integreringspolitikken er at alle som bur i Noreg, skal få bruke ressursane sine og ta del i fellesskapet. Regjeringa vil hindre at det utviklar seg eit klassedelt samfunn der innvandrarar og barna deira har dårlegare levekår enn andre.
Gjennom åtte år i regjering er det systematisk satsa på ein meir arbeidsretta integreringspolitikk for betre å ta i bruk innvandrarar sine ressursar. Denne satsinga blir vidareført i 2014. Regjeringa føreslår å auke integreringstilskotet til kommunane med 250 mill. kroner i 2014. Til saman har regjeringa føreslått tiltak for å styrkje tilskotet på om lag 600 mill. kroner i perioden. Tiltaka inkluderer mellom anna auka integreringstilskot og utviding av målgruppa til å omfatte familiesameinte. I tillegg kjem mindre utvidingar av målgruppa mellom anna for personar utsette for vold i nære relasjonar. Jobbsjansen er innført som ei permanent ordning for å auke deltakinga på arbeidsmarknaden, særleg blant kvinner. I 2014 er føreslår regjeringa 87 mill. kroner til ordninga. I satsinga til regjeringa i områder med store levekårsutfordringar, er gratis kjernetid i barnehage eit sentralt verkemiddel. I 2014 føreslår regjeringa 70 mill. kroner til dette formålet.
For å nå regjeringa sitt mål for integreringspolitikken må samfunnet vere ope og inkluderande. Fellesskapet skal ha rom for mangfald. Verdiar som skal liggje til grunn for politikken for eit mangfaldig samfunn er: likestilling, likeverd, ytringsfridom, trus- og livssynsfridom, solidaritet, økonomisk og sosial likskap, toleranse, deltaking i arbeidsliv, demokrati og sivilsamfunn, vern av barns rettar, mangfald og fleirspråklegheit som ressurs.
Alle innbyggjarar har dei same grunnleggjande rettane og pliktene. I tillegg kjem rettar og plikter for nykomne innvandrarar knytte til introduksjonslova. Introduksjonsprogram og opplæring i norsk og samfunnskunnskap er sentrale tiltak retta mot nykomne innvandrarar.
Høg sysselsetjing og verdiskaping dannar grunnlaget for utvikling av velferdssamfunnet. Arbeid gir den enkelte økonomisk sjølvstende, motverkar fattigdom, jamnar ut sosiale skilnader og fremmer likestilling mellom kvinner og menn. Arbeidslivet må i større grad enn i dag nytte ressursane og kompetansen til innvandrarar. Mange innvandrarar kjem til Noreg med utdanning og erfaring frå arbeidslivet, og mange skaffar seg tilleggsutdanning og får erfaring frå arbeidslivet etter at dei er komne hit.
Integreringspolitikken femner om alle samfunnsområde. BLD har det overordna ansvaret for samordning av integreringspolitikken, medan den enkelte fagstyresmakta har ansvar for tenestetilbodet til alle, medrekna innvandrarar og barna deira. BLD har også eit eige ansvar for mellom anna busetjing av flyktningar, forvaltinga av introduksjonslova og statsborgarlova og for å leggje til rette for tolking til og frå andre talespråk i offentleg sektor.
Tilgang på kunnskap om innvandrarar og barna deira er ein føresetnad for at BLD skal ivareta samordningsansvaret for integreringspolitikken på ein god måte, men òg for at fagdepartementa kan ivareta ansvaret sitt. Regjeringa vil derfor jamleg presentere status og kunnskap på området i ei samla form.
Mål for inkludering av innvandrarbefolkninga set mål for sentrale område og er regjeringa sitt sentrale verktøy for å synliggjere resultat av integreringspolitikken. I Meld. St. 6 (2012–2013) En helhetlig integreringspolitikk varslar regjeringa at ho vil styrkje måla for inkludering som samordningsverktøy, slik at integreringspolitikken kan bli enda meir målretta. Frå 2015 vil derfor Mål for inkludering bli lagt om og namnet endra til Mål for integrering av innvandrarbefolkninga. Det vil årleg bli rapportert i budsjettproposisjonen både til BLD og til andre departement. Sjå kap. 8 i del III for rapporteringa på måla.
Kvar åttande person i Noreg i dag er sjølv innvandrar eller har to foreldre med innvandrarbakgrunn – samanlikna med kvar 25. person for 20 år sidan. Av desse har om lag 593 000 personar sjølve innvandra, og om lag 117 100 er fødde i Noreg av to innvandrarforeldre.
Det bur innvandrarar og norskfødde med innvandrarbakgrunn i alle kommunar i Noreg. Størst del er det i Oslo med 30 prosent av innbyggjarane.
Innvandrarane kjem frå over 200 forskjellige land, og dei har kome til landet av ulike grunnar. Arbeid er den vanlegaste innvandringsgrunnen. Det er elles store variasjonar i kven det er som vandrar inn, årsakene til innvandringa, om dei kjem aleine eller saman med familie, og kor lenge dei har vore i landet. Desse variasjonane har mykje å seie for livsløpa deira i Noreg.
Innvandrarane i Noreg deltek i arbeidsliv og i utdanning, er økonomisk sjølvstendige, snakkar norsk og deltek og yter på ulike arenaer i samfunnet. På viktige område er det likevel systematiske skilnader mellom befolkninga elles og innvandrarar som gruppe. Dette gjeld område som arbeid, utdanning og helse. Kor lenge ein har budd i Noreg har mykje å seie: jo lenger butid i Noreg, desto meir deltaking. Andre faktorar er innvandringsårsak og utdanning. Viktig er òg at skilnadene på fleire av desse områda er langt mindre for norskfødde med innvandrarforeldre.
Regjeringa sin politikk må møte variasjonane blant innvandrarar og barna deira og skilnadene i deltaking og levekår. Dette føreset samordning av politikken og eit godt kunnskapsgrunnlag.
Mange sektorar har medansvar for integreringspolitikken, og mykje av kunnskapsarbeidet blir derfor gjort av eller i samarbeid med andre etatar. Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi) er ein spesielt viktig bidragsytar for departementet. BLD har i mange år samarbeidd med Statistisk sentralbyrå (SSB) om statistikk som gjeld innvandring og integrering. Departementet gir òg støtte til programmet for forsking på Velferd, arbeidsliv og migrasjon (VAM).
Regjeringa la fram Meld. St. 6 (2012–2013) En helhetlig integreringspolitikk – mangfold og fellesskap for Stortinget i oktober 2012. Meldinga presenterer prinsipp og rammer for ein heilskapleg integreringspolitikk. Meldinga omhandlar politikk og tiltak som medverkar til at fleire innvandrarar kjem i arbeid og får nytta ressursane sine og kompetansen sin i arbeidslivet. Like moglegheiter for alle barn og brei deltaking i demokratiet og sivilsamfunnet er òg viktige moment i meldinga. Meldinga fekk brei tilslutning i Stortinget ved behandlinga. Mange av dei aktivitetane departementet har eller vil setje i verk i 2013 og 2014, er oppfølging av forslag i meldinga.
Meldinga byggjer på fleire relevante utgreiingar på integreringsområdet som er lagt fram dei sista åra, særleg utgreiinga til Østbergutvalet (NOU 2010: 7), til Velferds- og migrasjonsutvalet (NOU 2011: 7) og til Inkluderingsutvalet (NOU 2011: 14).
Dette er hovudsatsingar på integreringsområdet i statsbudsjettet for 2014:
I 2013 og 2014 er det behov for å busetje fleire flyktningar enn tidlegare og talet på busetjingsklare personar i mottak som venter på å bli busett, er høgt. Regjeringa føreslår å auke integreringstilskotet med 250 mill. kroner. Dette er den største auken av integreringstilskotet på mange år. Satsinga skal medverke til raskare busetjing av flyktningar og betre resultat i introduksjonsordninga.
Regjeringa føreslår å omprioritere 33,7 mill. kroner til utvikling av nytt IKT-system i IMDi. Eit nytt IKT-system skal medverke til effektivisering av busetjingsarbeidet, auka kvalitet i dialog med kommunane om introduksjonsprogram og opplæring i norsk og samfunnskunnskap og betre rapportering på resultat.
Regjeringa føreslår å auke kvoten for overføringsflyktningar med 1 000 personar for flyktningar frå Syria. Uttaka vil i første rekkje vere frå Libanon og Jordan. BLD føreslår å auke budsjettet med 185,5 mill. kroner til tiltaket.
Handlingsplanen Vi trenger innvandrernes kompetanse blei lagt fram i august 2013. Regjeringa føreslår å omprioritere midlar til tre nye tiltak: tilskotsordning for regionale etablerarsenter for innvandrarar, tilskotsordning for mentor- og traineeordningar for personar med innvandrarbakgrunn og kompetanseheving om godkjenningsordningar for programrådgivarar i introduksjonsordninga.
Regjeringa vil bidra med om lag 25 mill. kroner i eit spleiselag med Oslo kommune til områdesatsing i indre Oslo øst. Løyvinga er fordelt over budsjetta til fleire departement.
Regjeringa føreslår at personar med avgrensa opphaldsløyve i påvente av dokumentert identitet får rett og plikt til å delta i introduksjonsprogram og opplæring i norsk og samfunnskunnskap frå 1. september 2014. BLD føreslår å auke budsjettet med 4 mill. kroner til tiltaket.
1.3 Likestilling mellom kvinner og menn i familie-, arbeids- og samfunnsliv
Regjeringa fører ein politikk som byggjer på likeverd og likestilling mellom kvinner og menn. Regjeringa sitt mål er å leggje til rette for at kvinner og menn skal ha like moglegheiter i arbeidslivet. Lik lønn for arbeid av lik verdi og utjamning av lønnsskilnader er viktige mål. Kvinner og menn skal kunne dele ansvar og omsorg for barna i familien på like fot. Forsking viser at i Noreg er både menn og kvinner meir nøgd med parforholdet når husarbeidet og omsorg for barn deles likt mellom partane.1
Ein målretta likestillingspolitikk er òg god økonomisk politikk. Høg yrkesdeltaking blant begge kjønn er viktig for å sikre velferdsstaten og utvikle han vidare. Den gode økonomiske utviklinga i Noreg er mellom anna eit resultat av målretta satsing på ordningar som gjer det mogleg for både menn og kvinner å kombinere yrkesliv og familieliv.
For å nå målet om at kvinner og menn skal ha like moglegheiter i arbeidslivet, er det nødvendig å sjå familie-, likestillings- og arbeidslivspolitikken i samanheng. Noreg har ei rekkje ordningar retta mot familien som har til formål å styrkje fedrane si omsorgsrolle og kvinnene si deltaking i yrkeslivet og gjere det mogleg for begge foreldra å halde ved lag tilknytinga til arbeidslivet i småbarnsfasen.
Ei god og fleksibel foreldrepengeordning er viktig. Regjeringa har dei siste åra gjort fleire endringar i foreldrepengeordninga som gjer rettane til fedrar betre og legg til rette for auka fedreuttak. Fedrekvota er utvida frå 5 veker i 2005 til 14 veker frå 1 juli 2013, og den totale stønadsperioden for foreldrepengar er auka med 6 veker. Tredeling av foreldrepengeperioden er innført 1. juli i år med like lange kvotar til kvar av foreldra og ein lengre fellesdel som dei må dele mellom seg.
Regjeringa har lagt fram forslag til forenklingar i foreldrepengeordninga i Prop. 184 L (2012–2013). Målet er ei ordning som er meir brukarvennleg for foreldra og enklare å forvalte for Arbeids- og velferdsetaten.
Lovfesting av rett til lønn under ammefri (jf. Prop. 72 L (2012–2013)) er eit viktig tiltak som gjer det mogleg for mødrer å gå tidlegare tilbake til arbeid etter foreldrepermisjon og halde fram med amminga utan vesentleg inntektstap. Dette opnar for at far kan ta ein større del av permisjonen, og medverkar dermed til likestilling mellom foreldra.
I 2013 er det 100 år sidan kvinner fekk røysterett i Noreg. Regjeringa har nytta dette høvet til å presentere for Stortinget ei melding om likestilling mellom kjønna, Meld. St. 44 (2012–2013) Likestilling kommer ikke av seg selv. Før meldinga blei utarbeidd, analyserte og summerte Likestillingsutvalet opp likestillingsstatusen i to kunnskapsbaserte utgreiingar, høvesvis NOU 2011: 18 Struktur for likestilling og NOU 2012: 15 Politikk for likestilling.
Noreg blir jamleg kåra internasjonalt til eit av verdas mest likestilte land. Gode politiske tiltak gjennom mange år og ambisjonar om eit likestilt samfunn har gitt resultat. Trass i resultata viser utgreiingane at det står att mange utfordringar å løyse på likestillingsfeltet. Regjeringa vil styrkje samarbeidet mellom departementa for å sikre betre integrering av likestillingsperspektivet i politikkutviklinga.
Vi har i dag kome langt når det gjeld juridiske verkemiddel for å fremme likestilling. Utfordringa er å sikre at dei rettslege pliktene blir følgt opp, for å nå måla i likestillingspolitikken. Regjeringa føreslår å rette innsatsen mot lokalt nivå; likestillingsutfordringar må først og fremst løysast der folk bur og arbeider. Det er derfor behov for å støtte opp under likestillingsarbeidet i den enkelte kommunen og i dei ulike offentlege og private verksemdene.
Regjeringa føreslår å etablere ein landsdekkjande statleg struktur med fire regionale kompetansesenter for likestilling organisert under Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir). Den nye strukturen skal bidra til ein langsiktig innsats for å fremme likestilling i kommunar og fylkeskommunar. Røynslene frå igangsette prosjekt i programmet Likestilte kommunar vil vere eit viktig grunnlag for det vidare arbeidet.
Det er også behov for å auke innsatsen for å fremme utviklingsarbeid og kompetanseheving av statlege etatar for å motverke diskriminering. Bufdir vil få ansvar for å utvikle eit program på dette området.
Arbeidsmarknaden er eit viktig område for å fremme likestilling og likestilling er viktig for ein velfungerande arbeidsmarknad. Regjeringa og partane i arbeidslivet vil styrkje trepartssamarbeidet for å gi auka merksemd og større kraft i arbeidet med å fremme likestilling i arbeidslivet. Regjeringa vil òg leggje til rette for lokalt utviklingsarbeid for å fremme likestilling i arbeidslivet. Det er behov for å byggje ein felles erfaringsbase om kva som verkar, gjere erfaringar frå gode prosjekt kjent og sørgje for ein systematikk i oppfølginga.
Regjeringa vil seksuell trakassering til livs og meiner at det er heilt nødvendig med ein meir systematisk og langsiktig innsats også på dette området. Dei regionale kompetansemiljøa for likestilling vil kunne hjelpe skolane med å utvikle undervisningsopplegg, tilby undervising i skolen og dessutan gi råd til lærarar og leiarar. Ei nasjonal rettleiingsteneste for personar som blir utsett for seksuell trakassering, vil bli etablert i regi av Bufdir.
Frivillige organisasjonar har hatt ei viktig rolle i utviklinga av likestillingspolitikken. Regjeringa føreslår å auke støtta til familie- og likestillingspolitiske organisasjonar.
Familievernkontora har som ei sentral målsetjing å styrkje parforholda og førebyggje samlivsbrot. Tidleg hjelp kan minske pågangen i helsetenestene, barnevernet, rettsvesenet og NAV. Vidare er det eit viktig mål at foreldre med høgt konfliktnivå får hjelp til å samarbeide om barna, både før og etter samlivsbrot. Ei godt fungerande meklingsordning er viktig for å hjelpe foreldre til å kome fram til avtalar om barna. Bufdir/familieverntenestene har òg ei viktig rolle i arbeidet mot vald i nære relasjonar. Dette er omtalt under avsnitt 1.4.
Gjennom dei vedtekne endringane i barnelova, jf. Prop. 85 L (2012–2013), har regjeringa som mål å styrkje barn sin rettstryggleik i samband med foreldretvistar. Formålet er vidare å gi barn betre vern i tilfelle der dei risikerer å bli utsett for vald eller seksuelle overgrep eller på andre måtar bli utsett for fysisk eller psykisk skade. Endringane i regelverket om samvær med tilsyn føreset budsjettmessig dekning for meirutgifter til kommunane før endringane kan bli sett i kraft. Dette gjeld òg staten si dekning av utgifter til sakkyndig bistand til tradisjonell utgreiing. I forslaget til budsjett for 2014 føreslår regjeringa løyvingar som dekkjer desse utgiftene.
Hovudsatsingane på likestillings- og ikkje-diskrimineringsområdet er summert opp under avsnitt 1.4.
1.4 Eit ikkje-diskriminerande samfunn for alle uavhengig av mellom anna kjønn, seksuell orientering, funksjonsevne og etnisitet
Regjeringa arbeider for eit samfunn med likestilling og fråvær av diskriminering for alle. Diskriminering er eit brot på menneskerettane som rammer både den enkelte og heile samfunnet. Likestilling tyder at alle skal ha like rettar, plikter og moglegheiter på alle område i livet, uavhengig av mellom anna kjønn, alder, etnisitet, religion, seksuell orientering og funksjonsevne. BLD har ei koordineringsrolle overfor andre departement i arbeidet med å fremme likestilling og hindre diskriminering på ulike grunnlag.
Det er eit mål å fremme deltaking og likestilling for personar med nedsett funksjonsevne. Regjeringa sin visjon er at Noreg skal vere universelt utforma innan 2025. Eit viktig verkemiddel har vore oppfølging av Handlingsplanen for universell utforming og aukt tilgjenge (2009–2013). Det blir igangsett eit arbeid for å utvikle ein ny handlingsplan for universell utforming som skal gjelde for perioden 2014–2018. Regjeringa vil våren 2014 ta stilling til innhaldet i planen og spørsmålet om det også skal leggjast fram ein framdriftsplan for visjonen om Noreg universelt utforma 2025, som Stortinget har bedt om.
Meld. St. 45 (2012–2013) Frihet og likeverd – Om mennesker med utviklingshemming gir ei skildring av situasjonen for personar med utviklingshemming på ulike samfunnsområde med vekt på barnehage, utdanning, arbeid, helse, bustad og fritid. Meldinga omhandlar tverrsektorielle problemstillingar som likestilling, sjølvbestemming, rettstryggleik, demokratisk deltaking og koordinering av tenester. Meldinga peikar ut viktige innsatsområde framover. Desse vil danne grunnlag for regjeringa sin politikk på dette området.
Regjeringa har sett i gang arbeid med ny handlingsplan for å betre levekåra for lesbiske, homofile, bifile og transpersonar og ny handlingsplan mot etnisk diskriminering. Dei nye planane vil erstatte noverande handlingsplanar, som går ut i 2013.
Ved handsaminga av Prop. 88 L (2012–2013) Diskrimineringslovgivningen vedtok Stortinget ny lov om forbod mot diskriminering pga. seksuell orientering, kjønnsidentitet og kjønnsuttrykk. Stortinget har òg vedteke ny likestillingslov, ny lov om etnisk diskriminering og ny diskriminerings- og tilgjengelov. Dei nye lovene vidarefører i all hovudsak gjeldande reglar i likestillingslova, diskrimineringslova og diskriminerings- og tilgjengelova, men dei blei vedtekne som nye lover fordi det er gjort relativt omfattande lovtekniske og språklege endringar i gjeldande lover. Formålet med endringane er å fremme likestilling gjennom å styrkje diskrimineringsvernet.
Regjeringa føreslår å styrkje tilbodet til valdsutøvarar gjennom stiftinga Alternativ til vold (ATV) ved å auke tilskotet til stiftinga slik at behandlingskapasiteten ved ATV-kontoret i Oslo kan utvidast.
Den avgrensa geografiske spreiinga av ATV-kontor gjer at familievernkontora vil vere det mest tilgjengelege hjelpe- og behandlingstilbodet til valdsutøvarar i dei aller fleste kommunar. I det vidare arbeidet med å styrkje tilbodet vil regjeringa derfor leggje vekt på å utvikle samarbeidet mellom Bufdir/familieverntenestene og ATV. Overføring av erfaring og kompetanse mellom dei to aktørane vil stå sentralt. ATV vil altså fortsatt ha ein sentral rolle i arbeidet med å styrkje tilbodet til valdsutøvarar.
I 2014 vil ein prioritere å styrkje tilbodet til unge valdsutøvarar og til barn utsett for vald og overgrep i nære relasjonar. Det skal setjast i gang eit samarbeidsprosjekt mellom ATV og Bufdir/familieverntenestene. BLD føreslår òg å styrkje Bufdir/familieverntenestene sine tilbod til valdsutsette barn og familiar med høgt konfliktnivå.
Likestilling mellom kjønna, likestilling for etniske minoritetar, personar med nedsett funksjonsevne og LHBT-personar kjem ikkje av seg sjølv. Grunnleggjande strukturar i samfunnet må endrast gjennom politisk arbeid og haldningsendringar. Likestilling i brei forstand handlar om rettferd og menneskerettar. Likestilte menneske og fråvær av diskriminering er ein føresetnad for eit inkluderande samfunn og deltaking i økonomi og politikk. Kvinner og menn, gutar og jenter, skal sikrast rettar, høve og reell innverknad på eigne liv.
Dette vil vere hovudsatsingar på likestillings- og ikkje-diskrimineringsområdet i 2014:
å styrkje likestillingsapparatet gjennom ein ny landsdekkjande statleg struktur med fire regionale kompetansemiljø for likestilling (11,9 mill. kroner)
auka merksemd og større kraft i arbeidet med å fremme likestilling i arbeidslivet gjennom trepartssamarbeid – lokalt utviklingsarbeid (10 mill. kroner)
å etablere ei nasjonal rettleiingsteneste og utvikle eit landsdekkjande program mot seksuell trakassering (4 mill. kroner)
å auke støtta til familie- og likestillingspolitiske organisasjonar (2 mill. kroner)
å setje i verk vedtekne endringar i barnelova for å styrkje barns rettstryggleik i samband med foreldretvistar (14,3 mill. kroner)
å styrkje tilbodet til unge valdsutøvarar og til barn utsett for vald og overgrep i nære relasjonar (5,8 mill. kroner)
å styrkje Bufdir/familieverntenestene sine tilbod til valdsutsette barn og familiar med høgt konfliktnivå (3,8 mill. kroner).
1.5 Gode oppvekst- og levekår for barn og ungdom
Barne- og ungdomspolitikken skal ha utgangspunktet sitt i likeverd, respekt for mangfald og ulikskap, solidaritet og medansvar for fellesskapet og omsyn til menneskeverdet. Det er særs viktig å leggje til rette for aktiv medverknad frå barn og unge tidleg, slik at vi sikrar eit kritisk, levande demokrati for framtida. Målretta innsats og gode fellesskapsløysingar er avgjerande for utvikling av eit godt og inkluderande oppvekstmiljø.
Departementet har eit ansvar for samordninga av den statlege politikken på barne- og ungdomsområdet. Samarbeidet mellom ulike departement om ein gjennomgåande politikk for barn og unge vil bli ført vidare. Dette skjer mellom anna gjennom samarbeid om handlingsplanar, felles strategiar, forsøks- og utviklingsarbeid og kompetansespreiing.
Departementet vil i 2014 halde fram arbeidet med gjennomføringa av FNs konvensjon om barnerettane i samarbeid med andre aktuelle departement og frivillige organisasjonar.
BLD ser det som viktig at barn og unge blir sikra høve til deltaking og innverknad, både i samfunnet og i eigne liv. Departementet vil òg stimulere til at enda fleire kommunar arbeider for brei medverknad frå barn og unge.
Dei frivillige barne- og ungdomsorganisasjonane er viktige aktørar i barne- og ungdomspolitikken, og regjeringa støttar det lokale, nasjonale og internasjonale arbeidet til organisasjonane. Støtta er eit viktig verkemiddel for å sikre barn og unge si deltaking og engasjement.
BLD vil i 2014 styrkje innsatsen mot barnefattigdom. Hovudsatsinga på feltet i 2014 er ei ny nasjonal tilskotsordning mot barnefattigdom. Målet med ordninga er å gi fleire fattige barn og unge moglegheit til å delta i ferie- og fritidsaktivitetar. Formålet er å betre moglegheitene for at barn og ungdom skal få delta og utvikle seg uavhengig av om foreldra slit sosialt og økonomisk.
Tilskotsordninga Barne- og ungdomstiltak i større bysamfunn blir ført vidare. I 2014 vil tiltak for å stimulere til opne møteplassar for barn og ungdom bli prioritert. Målgruppa er barn og ungdom i alderen 10 til 20 år med spesielle behov, utsette ungdomsgrupper og ungdomsmiljø. Ordninga vil i 2014 omfatte 23 bykommunar og 8 prioriterte bydelar i Oslo. Innsatsen mot barnefattigdom, som har vore ein del av tilskotsordninga, vil bli lagt inn i den nye tilskotsordninga mot barnefattigdom. Regjeringa fører vidare den særskilte innsatsen retta mot ungdom som står i fare for å falle utanfor opplæring og arbeidsliv. Innsatsen vil byggje på erfaringar frå Losprosjektet, som blei avslutta i 2013.
Departementet vil i 2014 starte ein gjennomgang av barne- og ungdomspolitikken. Målet er å vidareutvikle politikken slik at ein betre kan møte dei utfordringane barn og ungdom står overfor. Det vil bli lagt opp til ein brei gjennomgang av oppvekst- og levekåra til barn og ungdom. Arbeidet skal skje i samarbeid med aktuelle departement. I dette arbeidet vil det bli lagt opp til ein dialog med barn og ungdom, fagfolk og forskarar.
1.6 Eit barnevern som gir barn og ungdom omsorg og vern slik at dei meistrar livet sitt og utviklar evnene sine
Alle barn i Noreg skal vernast mot omsorgssvikt og overgrep. Barnevernet skal vere eit tryggleiksnett for barn og unge når foreldra av ulike grunnar ikkje greier å gi barna sine den omsorga dei treng. Barnevernet skal møte barn og foreldre med omsorg og anerkjenne barna sitt behov for tryggleik og kjærleik. Kunnskap om kva barna og familiane strevar med, kva hjelp dei treng, og kompetanse til å møte behova deira er heilt nødvendig.
Talet på barn som får hjelp frå barnevernet, har auka kvart år over lang tid. Rapportar frå fylkesmennene sine tilsyn viser at det framleis er kommunar som ikkje oppfyller alle lovkrava. Rapportar frå Statens helsetilsyn og Riksrevisjonen har peikt på manglande kvalitet i arbeidet til barnevernet. For mange meldingar blir lagt vekk, og undersøkingane er ikkje grundige nok. Ofte blir ikkje barna snakka med, og barnevernet evaluerer ikkje alltid hjelpa dei gir.
Barn i barnevernet har større risiko enn andre barn for å falle utanfor utdanning og arbeid, og dei har større helseutfordringar enn andre. Det inneber at barna i barnevernet ikkje kan hjelpast av barnevernet aleine, men at andre tenester òg må medverke.
Regjeringa la fram ein lovproposisjon med meldingsdel for Stortinget, Prop. 106 L (2012–2013) Endringer i barnevernloven, som blei behandla i Stortinget 10. juni 2013. I proposisjonen peikar regjeringa på kva mål som skal gjelde for barnevernet framover, og kva som må til for å utvikle barnevernet vidare. Stortinget har slutta seg til forslaga i proposisjonen.
Regjeringa vil utvikle eit kunnskapsbasert barnevern. Målet er at barn og foreldre møter ei teneste med høg kvalitet, slik at dei får verksam hjelp i alle tiltaka frå barnevernet. Statleg og kommunalt barnevern må tilby hjelp som er tilpassa behova til barna, anten det gjeld hjelp i heimen (hjelpetiltak) eller hjelp for dei som må bu i fosterheim eller på institusjon.
For å bidra til eit barnevern med høg kvalitet, vil departementet utvikle Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet til eit fagdirektorat for heile barnevernsfeltet. Målet er å fremme kvalitet og kunnskapsbasert praksis gjennom faglege anbefalingar til å støtte arbeidet.
Seks overordna og nasjonale kvalitetsmål skal gjelde for heile barnevernet: hjelp som er verksam, trygge og sikre tenester, medverknad frå barn og foreldre, god samordning og kontinuitet i tilbodet, god ressursutnytting og likeverdige tenester. Kunnskapsutvikling og kompetansestyrking er nødvendig for å nå måla. Eit godt samarbeid mellom utdanninga, forskinga og praksis skal bidra til eit betre barnevern. Regjeringa vil føre vidare arbeidet med å etablere ei vidareutdanning i barnevernsleiing i 2014.
Barn sin rett til medbestemming og til å bli høyrt i sakar som gjeld dei sjølve har blitt styrkt på fleire område i den siste regjeringsperioden. Regjeringa er oppteken av at barnevernet skal bli enda betre på å høyre barna ved at barna skal medverke i alle forhold som gjeld dei sjølve. Barnevernet skal aktivt leggje til rette for å samtale med barnet og lytte til kva det seier. Vidare skal barn som barnevernet har overtatt omsorga for, kunne ha med seg ein tillitsperson i møte med barnevernet.
Ved å lovfeste forsvarlege tenester skal det bli enda tydelegare at barn og familiar skal sikrast rett hjelp til rett tid. Tilsynet med barn i fosterheim skal bli betre.
Stortinget slutta seg våren 2013 til forslaga i Prop. 106 L (2012–2013) om å etablere eit nasjonalt fagråd for kommunalt og statleg barnevern. Fagrådet er eit ledd i å styrkje kvaliteten i alle ledd i barnevernet, og vil ha representantar frå kommunane og det statlege barnevernet.
Regjeringa sitt barnevernsløft dei siste fem åra (2010–2014) vil til saman gi 1 000 nye stillingar i det kommunale barnevernet. Regjeringa har medverka til at kommunane har styrkt barnevernstenesta med 850 nye stillingar frå 2010 til 2013. I perioden har Stortinget òg løyvt 108,5 mill. kroner for å styrkje kompetansen i tenesta. Satsinga har medverka til ei positiv utvikling på sentrale indikatorar. Talet på fristoversitjingar i undersøkingssaker har gått noko ned. Barn og unge med tiltaksplan og omsorgsplan har auka, og delen barn i fosterheim med tilsynsførar har auka. Departementet legg til grunn at dette kan vere ein indikasjon på at satsinga har den ønskte effekten, og at den negative utviklinga er i ferd med å snu. Sjølv om kommunane har sett i verk førebyggjande tiltak og auka ressursbruken i barnevernet dei siste åra, har talet på barn med behov for hjelp auka meir enn veksten i talet på stillingar. Regjeringa føreslår derfor å styrkje det kommunale barnevernet med ytterlegare 85 mill. kroner i 2014 for å gi kommunane 150 nye stillingar i barnevernet. Til saman gir dette 1 000 stillingar i barnevernstenesta som følgje av regjeringa si satsing på kommunalt barnevern frå 2010 til 2014. Kommunane skal òg kunne søkje om midlar til stillingar og kompetanse- og samhandlingstiltak. Satsinga til regjeringa er det største barnevernsløftet på 20 år.
Departementet vil styrkje innsatsen for å førebyggje og avdekkje vald og overgrep mot barn og unge, og for at dei som blir utsett for vald og overgrep skal få god hjelp og behandling. Samarbeidet om barn som treng hjelp må bli betre. Regjeringa la i september 2013 fram ein strategi mot vald og seksuelle overgrep mot barn og unge. Stortinget vedtok i revidert nasjonalbudsjett for 2013 ein auke i løyvingane til det statlege barnevernet. Regjeringa føreslår at det statlege barnevernet skal få ein rammeauke i 2014 på 275 mill. kroner som ein kompensasjon for aktivitetsveksten i barnevernet.
Hovudsatsingane er desse:
å styrkje den øyremerkte løyvinga til kommunalt barnevern med 85 mill. kroner, som skal nyttast til stillingar, kompetanseauke og samhandlingstiltak
å styrkje det statlege barnevernet med 275 mill. kroner som følgje av at fleire barn får hjelp
å arbeide med tiltak mot vald mot barn som eit ledd i arbeidet med strategien Barndommen kommer ikke i reprise – strategi for å bekjempe vold og seksuelle overgrep mot barn og ungdom. Regjeringa har sett av 40 mill. kroner til dette.
styrka tilsyn og rettleiing frå barnevernstenesta med 25 mill. kroner.
eit kompetanseløft i barnevernet med 28 mill. kroner for å gi eit betre barnevernstilbod
å auke løyvinga til fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker med 19 mill. kroner til eit nytt sakshandsamingssystem.
1.7 Ei sterk stilling for forbrukarane
Det er viktig at forbrukarane ikkje berre har god informasjon om varene og tenestene dei kjøper, men òg kjenner rettane og pliktene dei har i samband med kjøpa. I tillegg er det viktig at det finst gode ordningar for å løyse konfliktar mellom kjøparar og seljarar. Lover og reglar må ta omsyn til forbrukarinteressene på ein god og balansert måte.
Forbrukarrådet har omfattande kontakt med forbrukarane gjennom telefonsamtalar, e-postar og besøk på heimesida, forbrukerradet.no. Mange nyttar òg Finansportalen, finansportalen.no, som er oppretta for å gi forbrukarane betre informasjon om ulike finansielle tenester. Gode informasjonsløysingar er ein viktig del av forbrukarpolitikken. Det er særleg aktuelt i 2014 å sjå på løysingar for nettbasert informasjon i marknaden for daglegvarer.
I Noreg er det etablert gode ordningar for handsaming av konfliktar som kan oppstå mellom kjøparar og seljarar. Handsamingstida for sakene til Forbrukartvistutvalet blei redusert i 2012 sjølv om talet på saker til handsaming auka. BLD vil i 2014 arbeide vidare med forslag som kan styrkje og forbetre det utanrettslege tilbodet for handsaming av forbrukartvistar.
Mange forbrukarar er godt kjent med kva rettar og plikter dei har i samband med kjøpa sine. Ei undersøking i 2011 viste at norske forbrukarar er blant dei mest opplyste i Europa og i større grad klagar når dei meiner det er manglar ved varer eller tenester. Dei er noko mindre prisbevisste enn elles i Europa.
Talet på inkassosaker har auka i dei seinare åra, samtidig som talet på gjeldsordningssaker framleis er svært høgt. Regjeringa vil etablere eit offentleg gjeldsregister som skal gi bankar og andre som yter kreditt tilgang til informasjon om gjelda enkeltpersonar har hos andre kredittføretak ved kredittvurderingar. Ordninga skal gjelde kreditten til enkeltpersonar som ikkje går fram av andre register. Dette er typisk kredittkortgjeld og forbrukslån. Formålet er å motverke alvorlege gjeldsproblem ved å hindre at enkeltpersonar får ta opp større låne- og kredittforpliktingar enn dei kan betene.
1.8 Eit etisk og miljøforsvarleg forbruk
Regjeringa vil arbeide med dei miljømessige og etiske utfordringane som følgjer av eit høgt forbruk. Skal ein få til eit meir etisk og miljøforsvarleg forbruk, må det vere enkelt for forbrukarane å ta etiske og miljøforsvarlege val i kvardagen. Forbrukarane har rett til å få kjenne til om produkt til dømes er tilverka av underbetalte arbeidarar eller har skadelege konsekvensar for miljøet og helsa.
Ei undersøking i 2013 synte at kjennskapen til miljømerket Svana var på 93 prosent. Dette er litt betre enn det ei tilsvarande undersøking i 2011 viste. I 2012 var det ein nettoauke i talet på lisensar og registreringar knytt til miljømerket Svana. Auken inneber at det er blitt enklare for norske forbrukarar å finne produkt som er gode for miljøet og medverkar til etisk forbruk.
Ei viktig utfordring framover er å skape grunnlag for eit forbruksmønster der forbrukarane i større grad vel bort varer som har uheldige konsekvensar for mellom anna miljøet og dei som tilverkar dei. Dette føreset større grad av openheit i alle delar av produksjonskjedene. I tillegg må informasjon om konsekvensane nå fram til og bli oppfatta av forbrukarane på ein korrekt måte.
BLD vil i 2013 byggje opp under tiltak som kan gi forbrukarane tilgang på fleire varer som er tilverka under forsvarlege miljø- og arbeidsforhold. Departementet vil òg medverke til at det i større grad skal bli tatt omsyn til etikk og samfunnsansvar i offentlege innkjøp.
2 Oversikt over budsjettforslaget for BLD
2.1 Forslag til utgifter og inntekter fordelte på kapittel og postgrupper
Utgifter fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2012 | Saldert budsjett 2013 | Forslag 2014 | Pst. endr. 13/14 |
Administrasjon | |||||
800 | Barne-, likestillings og inkluderingsdepartementet | 173 365 | 168 632 | 173 960 | 3,2 |
Sum kategori 11.00 | 173 365 | 168 632 | 173 960 | 3,2 | |
Integrering og mangfald | |||||
820 | Integrerings- og mangfaldsdirektoratet | 196 345 | 179 187 | 194 946 | 8,8 |
821 | Busetjing av flyktningar og tiltak for innvandrarar | 5 128 394 | 5 698 836 | 6 691 101 | 17,4 |
822 | Opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar | 1 664 107 | 1 689 701 | 1 626 074 | -3,8 |
823 | Kontaktutvalet mellom innvandrarbefolkninga og myndigheitene | 6 647 | 6 644 | 6 749 | 1,6 |
Sum kategori 11.05 | 6 995 493 | 7 574 368 | 8 518 870 | 12,5 | |
Tiltak for familie, likestilling og ikkje-diskriminering | |||||
840 | Krisetiltak | 101 987 | 110 706 | 117 312 | 6,0 |
841 | Samliv og konfliktløysing | 28 421 | 27 676 | 26 891 | -2,8 |
842 | Familievern | 359 614 | 369 745 | 387 498 | 4,8 |
843 | Likestillings- og diskrimineringsnemnda | 4 354 | 4 519 | 4 807 | 6,4 |
844 | Kontantstøtte | 1 264 615 | 878 000 | 1 165 000 | 32,7 |
845 | Barnetrygd | 15 059 116 | 14 985 000 | 15 140 000 | 1,0 |
846 | Forskings- og utgreiingsverksemd, tilskot mv. | 68 900 | 81 787 | 76 150 | -6,9 |
847 | Tiltak for personar med nedsett funksjonsevne | 214 912 | 221 638 | 221 379 | -0,1 |
849 | Likestillings- og diskrimineringsombodet | 54 347 | 54 140 | 54 035 | -0,2 |
Sum kategori 11.10 | 17 156 266 | 16 733 211 | 17 193 072 | 2,7 | |
Tiltak for barn og ungdom | |||||
850 | Barneombodet | 14 283 | 13 625 | 13 812 | 1,4 |
852 | Adopsjonsstønad | 11 494 | 15 865 | 12 694 | -20,0 |
853 | Fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker | 149 013 | 162 500 | 183 879 | 13,2 |
854 | Tiltak i barne- og ungdomsvernet | 1 493 710 | 1 776 247 | 1 932 796 | 8,8 |
855 | Statleg forvalting av barnevernet | 5 682 929 | 5 557 187 | 5 957 630 | 7,2 |
856 | Barnevernets omsorgssenter for einslege mindreårige asylsøkjarar | 256 516 | 197 703 | 200 139 | 1,2 |
857 | Barne- og ungdomstiltak | 224 569 | 222 525 | 258 506 | 16,2 |
858 | Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet | 304 811 | 275 615 | 292 156 | 6,0 |
859 | EUs ungdomsprogram | 9 281 | 7 702 | 7 798 | 1,2 |
Sum kategori 11.20 | 8 146 606 | 8 228 969 | 8 859 410 | 7,7 | |
Forbrukarpolitikk | |||||
860 | Forbrukarrådet | 114 131 | 117 897 | 123 024 | 4,3 |
862 | Positiv miljømerking | 6 002 | 6 200 | 6 917 | 11,6 |
865 | Forbrukarpolitiske tiltak | 13 394 | 14 385 | 15 374 | 6,9 |
866 | Statens institutt for forbruksforsking | 27 879 | 28 799 | 29 307 | 1,8 |
867 | Sekretariatet for Marknadsrådet og Forbrukartvistutvalet | 7 939 | 8 199 | 9 428 | 15,0 |
868 | Forbrukarombodet | 23 828 | 23 703 | 23 037 | -2,8 |
Sum kategori 11.30 | 193 173 | 199 183 | 207 087 | 4,0 | |
Sum programområde 11 | 32 664 903 | 32 904 363 | 34 952 399 | 6,2 | |
Stønad ved fødsel og adopsjon | |||||
2530 | Foreldrepengar | 16 430 483 | 18 063 200 | 18 482 000 | 2,3 |
Sum kategori 28.50 | 16 430 483 | 18 063 200 | 18 482 000 | 2,3 | |
Sum programområde 28 | 16 430 483 | 18 063 200 | 18 482 000 | 2,3 | |
Sum utgifter | 49 095 386 | 50 967 563 | 53 434 399 | 4,8 |
Inntekter fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2012 | Saldert budsjett 2013 | Forslag 2014 | Pst. endr. 13/14 |
Administrasjon | |||||
3800 | Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet | 5 336 | |||
Sum kategori 11.00 | 5 336 | ||||
Integrering og mangfald | |||||
3820 | Integrerings- og mangfaldsdirektoratet | 6 407 | |||
3821 | Busetjing av flyktningar og tiltak for innvandrarar | 132 270 | 106 496 | 212 936 | 99,9 |
3822 | Opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar | 97 132 | 96 567 | 112 288 | 16,3 |
3823 | Kontaktutvalet mellom innvandrarbefolkninga og myndigheitene | 120 | |||
Sum kategori 11.05 | 235 929 | 203 063 | 325 224 | 60,2 | |
Tiltak for familie, likestilling og ikkje-diskriminering | |||||
3842 | Familievern | 6 518 | 615 | 637 | 3,6 |
3846 | Forskings- og utgreiingsverksemd, tilskot mv. | 226 | 517 | -100,0 | |
Sum kategori 11.10 | 6 744 | 1 132 | 637 | -43,7 | |
Tiltak for barn og ungdom | |||||
3850 | Barneombodet | 681 | |||
3853 | Fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker | 1 413 | |||
3855 | Statleg forvalting av barnevernet | 1 037 140 | 945 243 | 1 096 570 | 16,0 |
3856 | Barnevernets omsorgssenter for einslege mindreårige asylsøkjarar | 113 370 | 104 874 | 93 240 | -11,1 |
3858 | Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet | 18 288 | 433 | 433 | 0,0 |
3859 | EUs ungdomsprogram | 4 016 | 2 300 | 2 300 | 0,0 |
Sum kategori 11.20 | 1 174 908 | 1 052 850 | 1 192 543 | 13,3 | |
Forbrukarpolitikk | |||||
3867 | Sekretariatet for Forbrukartvistutvalet og Marknadsrådet | 183 | |||
3868 | Forbrukarombodet | 1 115 | |||
Sum kategori 11.30 | 1 298 | ||||
Sum programområde 11 | 1 424 215 | 1 257 045 | 1 518 404 | 20,8 | |
Sum inntekter | 1 424 215 | 1 257 045 | 1 518 404 | 20,8 |
Utgifter fordelte på postgrupper
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Post-gr. | Nemning | Rekneskap 2012 | Saldert budsjett 2013 | Forslag 2014 | Pst. endr. 13/14 |
01-23 | Drift | 6 906 076 | 6 898 795 | 7 351 849 | 6,6 |
30-49 | Nybygg og anlegg | 26 325 | 10 500 | 60 304 | 474,3 |
50-59 | Overføringer til andre statsregnskaper | 224 607 | 235 423 | 243 464 | 3,4 |
60-69 | Overføringer til kommuner | 8 481 884 | 9 142 360 | 10 244 104 | 12,1 |
70-98 | Overføringer til private | 33 456 494 | 34 680 485 | 35 534 678 | 2,5 |
Sum under departementet | 49 095 386 | 50 967 563 | 53 434 399 | 4,8 |
2.2 Postar med stikkordet kan overførast
Under Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet blir stikkordet foreslått knytta til desse postane utanom postgruppe 30-49
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Kap. | Post | Nemning | Overført til 2013 | Forslag 2014 |
821 | 21 | Spesielle driftsutgifter, kunnskapsutvikling | 2 629 | 38 483 |
821 | 60 | Integreringstilskot | 3 521 | 6 005 522 |
822 | 21 | Spesielle driftsutgifter, opplæring i norsk og samfunnskunnskap | 834 | 29 075 |
846 | 79 | Tilskot til internasjonalt familie- og likestillingsarbeid | 9 051 | 8 245 |
847 | 71 | Tiltak for auka tilgjenge og universell utforming | 8 787 | 18 937 |
857 | 60 | Barne- og ungdomstiltak i større bysamfunn | 13 323 | 22 456 |
857 | 79 | Tilskot til internasjonalt ungdomssamarbeid mv. | 2 880 | 17 493 |
859 | 01 | Driftsutgifter | 54 | 7 798 |
865 | 21 | Spesielle driftsutgifter | 1 572 | 7 822 |
865 | 79 | Rammeprogrammet til EU om forbrukarpolitikk | 2 276 | 4 982 |
2.3 Meirinntektsfullmakter
Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet føreslår at departementet i 2014 kan:
overskride løyvinga på | mot tilsvarande meirinntekter under |
---|---|
kap. 820 post 01 | kap. 3820 post 01 |
kap. 823 post 01 | kap. 3823 post 01 |
kap. 842 post 01 | kap. 3842 post 01 |
kap. 855 post 01 | kap. 3855 postane 01, 02 og 60 |
kap. 856 post 01 | kap. 3856 post 01 |
kap. 858 post 01 | kap. 3858 post 01 |
kap. 859 post 01 | kap. 3859 post 01 |
kap. 868 post 01 | kap. 3868 post 01 |
Fotnotar
NOVA-rapport 2012: 08 Likestilling hjemme.