Del 3
Omtale av særlege tema
5 Sosiale helseskilnader
Regjeringa vil arbeide for å redusere sosiale og økonomiske skilnader og få bukt med fattigdom, gjennom m.a. universelle velferdsordningar, sterke felleskapsløysingar og ved å gi alle høve til å delta i arbeid. St.meld. nr. 20 (2006–2007), Nasjonal strategi for å utjevne sosiale helseforskjeller, utgjer helsedelen i regjeringa sin utjamningspolitikk. Det er mange årsaker til helseskilnader, frå grunnleggjande faktorar som økonomi og oppvekstvilkår, via risikofaktorar som arbeids- og bumiljø, til meir direkte påverknadsfaktorar som helseåtferd og bruk av helsetenester. Arbeidet for å redusere sosiale helseskilnader krev langsiktig og målretta innsats på mange område. Den beste investeringa samfunnet kan gjere for å redusere sosiale helseskilnader er å skape gode og trygge oppvekstvilkår for alle, ei meir rettferdig fordeling av inntekt, og likt høve til utdanning og arbeid. Politikken legg vidare vekt på å hindre sosial utstøyting av dei som av ulike årsaker fell ut av utdanning og arbeid. Mange grupper kan ha behov for målretta tenester, difor må universelle ordningar supplerast med individuelt brukartilpassa tenester og tiltak.
Mål
Måla på inntektsområdet er å (1) redusere økonomiske skilnader i befolkninga, (2) få bukt med fattigdom og (3) sikre grunnleggjande økonomisk tryggleik for alle.
Utvikling
Den nordiske modellen med koordinerte lønnsoppgjer, eit godt sosialt tryggleiksnett, eit omfordelande skatte- og overføringssystem og sterke fellesskapsløysingar med offentleg tilbod innanfor blant anna utdanning og helsetenester fører til at forskjellane blir haldne på eit lågt nivå i Noreg samanlikna med mange andre land.
Den generelle langsiktige trenden frå midt i 1980-åra fram til 2006 er at skilnadene i inntekt viser ein svak, men jamn auke. Etter 2006 har skilnadene i inntekt vore stabile igjen. Svakare konjunkturar frå 2008 har gitt reduksjonar i kapitalinntektene. Desse inntektene kjem i størst grad til dei med høg inntekt. Samstundes unngjekk ein at tilbakeslaget i den internasjonale økonomien førte til nemneverdig arbeidsløyse i Noreg. Når dei høgaste inntektene blei reduserte utan at ein stor del av befolkninga fekk reduserte inntekter som følgje av arbeidsløyse, vart forskjellane dermed reduserte. I 2010 auka kapitalinntektene noko igjen.
Delen av befolkninga som høyrer til hushald som har hatt låg inntekt over ein treårsperiode, såkalla varig låginntekt, har vore stabil, men sammensetninga av låginntektsgruppa har endra seg over tid. Endra familiemønster med fleire einslege forsørgjarar og fleire som bur åleine, og fleire personar med innvandrarbakgrunn, er forklaringar på denne utviklinga. Det har vore ein auke i barn og unge som lever i låginntektshushald. Barn med innvandrarbakgrunn er særleg utsette. Ifølgje målingar med målemetoden til EU hadde 7,9 pst. av befolkninga varig låginntekt i treårsperioden 2008–2010. Sidan 1997 har delen av befolkninga med varig låginntekt vore stabil rundt 8 pst. OECDs definisjon gir lågare tal, men her har vi sett ei auke i delen personar med varig låginntekt. I perioden 2000–2002 hadde 2,1 pst. av befolkninga varig låginntekt etter OECDs definisjon, og i perioden 2008–2010 gjelde dette 3,3 pst. Gruppa med varig låginntekt i alderen 67 år og eldre har gått ned dei siste åra. Opptrappinga av minstepensjonen til to gonger grunnsummen i folketrygda og høgare inntektsgrunnlag og høgare tilleggspensjon blant nye pensjonistar har ført til at det har blitt færre pensjonistar i låginntektsgruppa.
Verkemiddel
I 2006 gjennomførte Regjeringa ei skattereform og innførte i den samanhengen ein utbytteskatt. Formuesskatten har også blitt lagt om i omfordelande retning. Skattereforma er evaluert (Meld. St. 11 (2010–2011) Evaluering av skattereformen 2006). Fordelingsverknadene av skattereforma har vore positive, og omfordelinga gjennom skattesystemet er blitt betre. Det er i første rekkje utbytteskatten og endringar i formuesskatten som har styrkt omfordelinga. Redusert toppskatt har også ført til at folk jobbar meir.
Lette i minstefrådraget og auka foreldrefrådrag har gitt breie skattelettar for dei med middels og låge inntekter. Fleire rundar med auke i minstepensjonane har også auka inntektene til ei stor gruppe med låge inntekter. Stortinget vedtok i samanheng med behandlinga av statsbudsjettet for 2012 å fase ut særfrådraget for store sjukdomsutgifter over tre år frå og med 2012. Ordninga med særfrådrag rekna med skattbar inntekt, og dei største fordelane gjekk til personar med god nok økonomi til å legge ut for til dels svært kostbare tiltak som elles ikkje var støtta av det offentlige. Dette har uheldige fordelingsverknader.
I 2012 vart utgifter til tannbehandling, boligtilpassing og transport tatt ut av ordninga. Samtidig vart ordninga stengt for nye brukarar. Dei frigjorte midlane i 2012 vart brukt til prioriterte tiltak knytt til tannhelse, ombygging av bustad, transport for funksjonshemma barn og unge og diabetesstrategi. Ordninga blir fasa ut mot 2015 ved at verdien av frådraget blir redusert med 1/3 i 2013 og 2/3 i 2014, før frådraget blir fjerna i 2015. På denne måten kan vi sikre at midla i større grad følgjar helsepolitiske prioriteringar, og at støtta i større grad kjem personar med behov for støtte til gode.
I tillegg til omfordelinga gjennom skattesystemet har den økonomiske politikken til Regjeringa i denne perioden lagt til rette for høg sysselsetjing og økonomisk vekst. Mange land blei hardt ramma av finanskrisa og den etterfølgjande gjeldskrisa. Arbeidsløysa har auka mye i desse landa, spesielt blant unge. Det kan vere vanskeleg å kome inn på arbeidsmarknaden igjen etter lange periodar med arbeidsløyse. I Noreg er sysselsetjinga blitt halde på eit høgt nivå til tross for svakare konjunkturar dei siste åra. Orden i økonomien er det beste vernet mot økonomiske kriser.
Fordelingsmeldinga (Meld. St. 30 (2010–2011)) som Regjeringa la fram i 2011, gir ein grundig presentasjon av Regjeringas politikk for å redusere økonomiske forskjellar i Noreg. Regjeringa legger vekt på ein langsiktig fordelingspolitikk gjennom tiltak som bidrar til utjamning i utdanningssystemet, oppvekstpolitikken, bustadpolitikken, helsepolitikken og arbeidsmarknadspolitikken. I tillegg kjem den direkte omfordelinga gjennom skatter og overføringer.
Handlingsplan mot fattigdom inneheld meir målretta tiltak mot særskilde utsette grupper. Sjå omtale av innsatsen mot fattigdom i Prop. 1 S (2012–2013) for Arbeidsdepartementet.
Oppvekst
Mål
Måla på oppvekstområdet er (1) full barnehagedekning og reduserte sosiale skilnader i bruken av barnehager, (2) redusere talet elevar som møter til skulestart utan tilfredsstillande språkdugleik, (3) redusere talet elevar som går ut av grunnskuleutdanninga med svake grunnleggjande ferdigheiter, (4) redusere talet elevar som ikkje fullfører vidaregåande opplæring, (5) betre tilgang til skulehelsetenesta, (6) tidleg identifisering og god oppfølging av barn i risikogrupper, og (7) redusere sosiale skilnader i barn og unges organisasjons- og kulturdeltaking.
Utvikling
Målet om full barnehagedekning er oppnådd ut i frå gjeldande regelverk om rett til barnehageplass. Tal frå Barnetilsynsundersøkinga som var gjennomført av Statistisk sentralbyrå i 2010, viser at det no er større grad av sosial utjamning i barnehagedeltakinga enn i 2002. Barn med minoritetsbakgrunn deltek framleis mindre i barnehage enn andre barn, men det er fleire og fleire som vel å nytte tilbodet. 95 pst. av 5-åringane med minoritetsbakgrunn går i barnehage. Det er ikkje tilgjengelege data på nasjonalt nivå om kor mange barn som har språkvanskar i og utanfor barnehage.
Talet på elevar som ikkje fullfører vidaregåande opplæring, er generelt høgt og viser ein klar sosial gradient. For yrkesfagleg utdanning, vil om lag halvparten av elevane med foreldre som berre har grunnskuleutdanning ha slutta undervegs eller ikkje ha fullført med bestått karakter. Når det gjeld grunnleggjande ferdigheiter, er det data frå dei nasjonale prøvane i lesing, rekning og engelsk. Barn av foreldre med høgre utdanning skårar i større grad på dei øvre meistringsnivåa på alle prøvene. Når det gjeld grunnskolekarakterar, varierer gjennomsnittet på grunnskolepoeng med nær 12 poeng, frå 34,1 poeng for elevar med lågast utdanna foreldre, til 45,8 poeng for barn av foreldre med lengre høgare utdanning.
Verkemiddel
Verkemiddel for å sikre at barnehagen skal vere inkluderande og gi eit tilpassa tilbod til alle barn er m.a. prioritet ved opptak for barn med nedsett funksjonsevne og statleg tilskott for å betre språkforståinga hos minoritetsspråklege barn i førskulealder. Kommunane har ansvar for å legge til rette eit inkluderande barnehagetilbod som tilpassa det behovet kvart enkelt barn har for oppfølging og støtte. Regjeringa la våren 2011 fram Meld. St. 18 (2010–2011) Læring og fellesskap, Tidlig innsats og gode læringsmiljøer for barn, unge og vaksne med særlege behov. Eitt av tiltaka som er foreslege, er å sikre at alle barn får tilbod om språkkartlegging i barnehagen. Eit anna tiltak er å flytte rett til spesialpedagogisk hjelp for barn under opplæringspliktig alder med særlege behov frå opplæringslova til barnehagelova. Dermed vil barnehagelova regulere alle pedagogiske tilbod til barn under opplæringspliktig alder, uavsett om dei går i barnehage eller ikkje. Ein kan dermed sjå det spesialpedagogiske tilbodet i samanheng med dei andre bestemmingane, som det at barn med nedsett funksjonsevne har fortrinnsrett til barnehageplass.
Barnehagen er særleg gunstig for språkutviklinga til barn av foreldre med låg inntekt, kort utdanning og som har anna morsmål enn norsk. Gratis kjernetid i barnehagen forbetra skoleprestasjonane til jenter med minoritetsbakgrunn ti år seinare. Dei tilsette i barnehagane skal bidra til å gi alle barn god språkstimulering, og Kunnskapsdepartementet har utarbeidd eit temahefte om språkmiljø og språkstimulering i barnehagen.
Mange kommunar har også språkstimuleringstilbod til barn som ikkje går i barnehagar. Kommunar med mange minoritetsspråklege barn har i høgare grad slike tilbod. Staten gir eit tilskott til tiltak for å betre språkforståinga blant minoritetsspråklege barn i førskolealder. Mange barnehagar kartlegg språket til barna og Kunnskapsdepartementet satt i 2010 ned ei ekspertgruppe som skulle vurdere dei ulike språkkartleggingsverktøya som er i bruk i barnehagane i dag. Deira konklusjon er at ingen av dei åtte vanlege verktya eine og aleine innfrir dei komplekse krava som blir stilte frå forskjellige hald. Desse utfordringane arbeidar Kunnskapsdepartementet med.
Forsøk med gratis kjernetid i barnehagen har m.a. som føremål å betre språkkunnskapane og førebu minoritetsspråklige førskulebarn på skulestart. Målgruppa for forsøket er i hovudsak alle fire- og femåringar i områder der ein stor del av barna har eit minoritetsspråk som morsmål. Barna får tilbod om gratis opphald i barnehage fire timar om dagen, totalt inntil 20 timar kvar uke. 1. august 2011 var det forsøk i seks bydelar i Oslo (dei fire bydelane i Groruddalen, og bydelane Søndre Nordstrand og Gamle Oslo), i to område i Drammen (i Fjell og deler av Strømsø) og i tre skolekrinsar i Årstad bydel i Bergen. I Oslo er forsøket ein del av områdesatsinga i Søndre Nordstrand og Groruddalen i Oslo. Det er satt i gang ei treårig evaluering av forsøket f.o.m. skuleåret 2011/2012.
Modellforsøket om betre samanheng mellom skule og skulefritidsordning (Prosjekt helhetlig skoledag (2009–2012)) i regi av Kunnskapsdepartementet, skal utvikle og prøve ut ulike modellar for ein heilskapleg skuledag på 1.–4. trinnet på ni utvalde skular i seks kommunar. Modellane skal innehalde dagleg fysisk aktivitet, skulemat, leksehjelp og kulturelle aktivitetar. Modellforsøket skal styrke kvaliteten i skulefritidsordninga og sjå på betre samarbeid og ressursutnytting i ein sunn og variert skuledag der skolefritidsordninga stør opp om læringa og læringsmiljøet i skulen. Ein heilskapleg skuledag vil særleg vere viktig for elevar som i liten grad vert følgde opp utanom skuletida. Fysisk aktivitet, gratis frukt og grønt, tid til måltid og leksehjelp er sentrale innsatsområde i samband med tilrettelegging for ein variert og heilskapleg skuledag og eit godt læringsmiljø. Gratis frukt og grønt til elevar på skular med ungdomstrinn er lovforankra i opplæringslova.
Eit anna bidrag for å betre ferdigheiter, er evaluering av prestasjonane til elevane som grunnlag for vurdering og tidleg innsats via nasjonalt kvalitetsvurderingssystem. Ny lærarutdanning, eit varig system for etter- og vidareutdanning, yrkesrådgiving, rettleiarkorps for skuleutvikling og styrkt skuleleiarkompetanse, er andre sentrale innsatsområde. Arbeidslivsfag er eit alternativ til framandspråk. Forsøket starta hausten 2010 og som skal vare i fire år. Elevar på 8.–10. trinnet skal jobbe praktisk med tilpassa arbeidsoppgåver henta frå yrkesfaglege utdanningsprogram i vidaregåande opplæring, dersom dei ikkje vel framandspråk.
Ny Giv vart sett i verk hausten 2010. Tiltaka i prosjektet svarer i hovudsak på dei kritiske faktorane som utdanningsforskinga peiker på for at gjennomføringa i vidaregåande opplæring kan aukast. Hovudvekta er lagd på at dei svakaste elevane i siste del av 10. trinn og i vidaregåande opplæring får tett oppfølging slik at dei skal få betre føresetnader for å gjennomføre vidaregåande opplæring. Oppfølginga vert basert på ei avtale mellom elev/føresette og skolen. Det vil bli lagt særleg vekt på å utvikle elevane sine dugleikar i rekning, skriving og lesing, og om lag 5000 elevar har våren 2012 gjennomført intensiv opplæring for å bli betre i desse dugleikane. For at intensivopplæringa skal bli best mogeleg, finansierer staten 6 dagar skolering av om lag 1500 lærarar i både ungdomsskular og vidaregåande skular andre året. Ordninga vil i løpet av eit år bli bygd ut til å gjelde to lærarar ved alle ungdomsskular og vidaregåande skular.
I Ny Giv blir det og arbeidd med å styrke samarbeidet mellom den fylkeskommunale oppfølgingstenesta (OT), dei vidaregåande skulane, fagopplæringa, kommunane og Nav. Målet er å få på plass eit strukturert, samordna og målretta system for oppfølging av unge som står utanfor opplæring og arbeid. Målgruppa her er på vel 20 000 unge mellom 16 og 21 år. Fylka har ikkje klart å oppnå kontakt med meir en om lag halve målgruppa. Hausten 2011 vart det gjennomført felles program for å betre kompetansen for tilsette ved OT og Nav lokalt frå alle fylka. Det er òg etablert eit tilbod for dei som arbeidar i OT ved høgskolane i Telemark og Finnmark med oppstart hausten 2012. Forskrifta til OT er gjort meir forpliktande for fylkeskommunane med verking frå februar 2012. Fylkesmannsembeta og Helsedirektoratet er nå invitert inn i Ny Giv for å styrke fokus på ansvarsområda til kommunane og lokale helsemyndigheiter. Prosjektet har til nå vore med å redusere delen ungdommar som tidligare var registrert som ukjente i Oppfølgingstenesten frå om lag 10 000 til 2500. Eit stort tall ungdommar er no i aktivitet eller er under oppfølging og rådgiving av OT. Delen ungdommar som er i aktivitet auka frå om lag 5000 i november 2011 til 9000 i juni 2012.
Unge i aldersgruppa 18–23 år som er i kontakt med barnevernet, er ei prioritert gruppe. Regjeringa i 2011 og 2012 øyremerkt midlar til det kommunale barnevernet. Målet er å styrke barneverntenesta i dei mest utsette kommunane, ved å auke talet på stillingar og ved å auke kompetansen blant dei tilsette. Regjeringa si styrking av det kommunale barnevernet har ført til 470 nye øyremerka stillingar i den kommunale barneverntenesta i 2011 og 2012. I 2009 vart barnevernlova endra slik at barneverntenesta no må grunngje fagleg kvifor tiltak for barn ikkje skal vidareførast når barnet er over 18 år. Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet har på bakgrunn av lovendringa gjeve ut eit nytt rundskriv om tiltak etter barnevernlova for ungdom over 18 år. Departementet er i ferd med å gå igjennom argumenta som er knytt til å gje barn ein lovfesta rett til tiltak og tenester etter barnevernlova. Arbeidet har m.a. bakgrunn i eit framlegg i NOU 2009: 22 Det du gjør, gjør det helt Bedre samordning av tjenester for utsatte barn og unge. Dokumentasjon viser at det har vore svikt i oppfølginga av lovkrav på fleire område innanfor barnevernet i kommunane. Tidsfristar i undersøkingssaker har vore eit slikt sviktområde.
Gjennom Losprosjektet skal ungdom mellom 14 og 23 år som er i risiko for å falle ut av skule eller arbeidsliv, få ein støtteperson, ein los. Losprosjektet vert sett i samanheng med satsinga Ny giv og vert gjennomført i samarbeid med Kunnskapsdepartementet og Arbeidsdepartementet.
Det er av verdi for den enkelte å delta i kulturlivet, og at brei kulturell deltaking er viktig for samfunnet. Dette gjeld både bruk av offentlige kulturtilbod og deltaking i frivillige kulturaktivitetar. Kulturell deltaking kan danne grunnlag for kunnskap, kreativitet og læring. Det er også ein viktig sosial arena og kan bidra til å skape identitet, samkjensle og større forståing for samfunn, demokrati og ytringsfridom. I Meld. St. 10 (2011–2012) Kultur, inkludering og deltaking frå Kulturdepartementet er det gjort greie for dette. Meldinga peiker på sosiale skilnader i bruk av kulturtilbod og deltaking i det frivillige kulturlivet. Det er dei med høg utdanning og høg inntekt som er mest aktive. Personar med innvandrarbakgrunn frå Asia, Afrika, Latin-Amerika og Europa utanfor EU deltek i mindre grad enn andre. Eit mål i meldinga er difor at kunst- og kulturinstitusjonar og organisasjonar i kulturlivet skal trappe opp arbeidet for å nå underrepresenterte grupper.
Meld. St. 26 (2011--2012) Den norske idrettsmodellen trekker opp rammene for ein framtidsretta statleg idrettspolitikk. Meldinga legg vekt på at lokale idrettslag har brei tilslutning og difor er ein svært viktig arena for fellesskap og inkludering i det norske samfunnet. Idrettslag er sosiale møteplassar, og det å delta har ein eigenverdi som kjem i tillegg til dei idrettslege primæraktivitetane. Det er eit satsingsområde for regjeringa å bidra til å halde oppe og utvikle idretten som ein viktig arena for sosial inkludering. Både gjennom særskilde tiltak og ved å gje idrettslaga betre rammevilkår vil staten legge til rette for at idretten framleis kan vere open og inkluderande. Dette må innebere at alle, uavhengig av kjønn, etnisk eller kulturell bakgrunn, funksjonsevne eller seksuell orientering, skal kunne kjenne seg velkomne til å delta i idrettsaktivitetar.
Kulturdepartementet vil gjennom ulike tiltak vidareføre arbeidet med å fremje leselyst og leseglede, mellom anna ved å utvikle den funksjonen folkebiblioteka kan ha som arena for lesing og litteraturformidling. Den kulturelle skulesekken er ei viktig ordning for å stimulere til auka deltaking blant grupper som er underrepresenterte i kulturlivet.
Ordninga sikrar alle barn og unge tilgang til kunst og kulturtilbod av høg kvalitet gjennom heile skulegangen, uavhengig av sosial eller kulturell bakgrunn.
Kulturdepartementet vil også legge inn eit eige program for kultur som ein del av tilskotsordninga for barne- og ungdomstiltak i større bysamfunn under Barne-, likestillings-og inkluderingsdepartementet.
Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet forvaltar tilskotsordninga Barne- og ungdomstiltak i større bysamfunn. Ordninga skal bidra til at barn og ungdom i område med levekårsproblem kan få høve til å delta på lik linje med andre. Målet er å medverke til å betre oppvekst og levekår og bidra til sosial inkludering. I 2012 omfattar ordninga 23 større bykommunar og åtte prioriterte bydelar i Oslo. Innsatsen er todelt. Ei satsing retta mot ungdom (ungdomstiltak), og ei særskild satsing retta barn, unge og familiar som er råka av fattigdomsproblem (fattigdomstiltak). Midlane til ungdomstiltak vert nytta til tiltak og prosjekt retta mot ungdom i alderen 12–25 år med særskilde behov, og til utsette ungdomsgrupper og ungdomsmiljø. Midla til tiltak mot fattigdom vert m.a. nytta til ferie- og fritidstiltak for barn og unge og familiar som er råka av fattigdomsproblem. Tilskotsordninga inngår i regjeringas samla satsing mot barnefattigdom. Orninga blir sett i samanheng med andre statlege tilskotsordningar, m. a. Arbeids- og velferdsdirektoratet si tilskotsorning Kompetanse og utviklingstiltak for å førebygge og redusere fattigdom blant barn, unge og barnefamiliar som er i kontakt med sosialtenesta. Arbeids- og velferdsdirektoratet forvaltar òg tilskot til tiltak mot barnefattigdom for barn, unge og barnefamiliar som er i kontakt med dei sosiale tenestene i Nav.
Arbeid og arbeidsmiljø
Mål
Måla på arbeids- og arbeidsmiljøområdet er eit meir inkluderande arbeidsliv og sunnare arbeidsmiljø.
Utvikling
Ein overordna indikator for om ein har lukkast med arbeidslinja, fleire i arbeid og færre på trygd, kan være sysselsette i prosent av befolkninga i yrkesaktiv alder. Etter ein nedgang som følgje av finanskrisa i 2009, har det vore vekst i talet på sysselsette sida 2. kvartal 2010. I 2011 var det i følge nasjonalreknskapen sysselsett 22 000 fleire enn i 2008 og 308 000 fleire enn i 2001. Tall frå arbeidskraftsundersøkelsen tyder på at den relativt gode utviklinga i sysselsettinga har fortsett inn i 2012.
Ved utgangen av juli 2012 var det registrert 71 700 heilt arbeidslause, 900 færre enn same tid året før. Det var ein mindre auke i arbeidsløysa for kvinner. Talet på arbeidssøkjarar som har vore arbeidslause i meir enn eit år er redusert. Arbeidsløysa er høgst i aldersgruppa 20–29 år, der 4,3 pst. av arbeidsstyrken er utan arbeid. Den registrerte arbeidsløysa blant personar med innvandrarbakgrunn er om lag tre gonger så stor som i resten av befolkninga, og høgst blant personar frå Afrika.
Verkemiddel
Nav-lova § 14a gir brukarane rett til behovsvurdering, arbeidsevnevurdering og aktivitetsplan og vart innført i 2010. Same år var ordninga med arbeidsavklaringspengar innførd. Ordninga erstattar attføringspengar, rehabiliteringspengar og tidsavgrensa uførestønad. Arbeidsavklaringspengar skal sikre inntekt i ein overgangsperiode der det pga. sjukdom eller skade er behov for arbeidsretta tiltak, medisinsk behandling eller anna oppfølging frå Nav for å kome i arbeid. Føremålet med ordninga er å legge til rette for tidlegare og tettare oppfølging av stønadsmottakarar for at fleire raskare skal kome tilbake i arbeid eller i arbeidsretta aktivitet.
Kvalifiseringsprogrammet med kvalifiseringsstønaden som høyrer med, rettar seg mot personar med vesentleg nedsett arbeids- og inntektsevne og som har ingen eller svært små ytingar i folketrygda. Dette handlar i stor grad om personar som utan eit slikt program ville vore avhengige av økonomisk sosialhjelp som hovudinntektskjelde over lang tid. Føremålet med kvalifiseringsprogrammet er å medverke til at fleire i målgruppa kjem i arbeid. Ved utgangen av 2011 deltok 7450 personar i programmet.
Eit inkluderande arbeidsliv inneber at tilhøva på arbeidsmarknaden vert lagde til rette for arbeidstakarar som heilt eller delvis ikkje kan utføre dei vanlege arbeidsoppgåvene sine og for arbeidstakarar som mellombels eller varig har fått nedsett funksjonsevne. Arbeidet med å skape eit meir inkluderande arbeidsliv må forankrast på kvar enkelt arbeidsplass.
Regjeringa ved arbeidsministaren la hausten 2011 fram ei melding til Stortinget om arbeidsforhold, arbeidsmiljø og sikkerheit, Meld. St. 29 (2010–2011). Meldinga vart det lagt fram omfattande dokumentasjon om arbeidsforholda og arbeidsmiljøtilstanden i norsk arbeidsliv. Meldinga viser at dei aller fleste arbeider under gode og forsvarlege arbeidsforhold i Noreg. Ni av ti yrkesaktive seier at dei er tilfredse med jobben. Dei fleste har fast arbeidskontrakt og kjenner seg trygge for jobben. Arbeidstakarane rapporterer at arbeidstida er godt tilpassa familieliv og sosiale plikter, og dei fleste opplever at dei i høg grad kan påverke sin eigen arbeidskvardag. Noreg er blant dei landa der flest sysselsette seier at dei har høve til betalt fagleg utvikling. Ein mindre del av arbeidstakarane er utsette for negative arbeidsmiljøbelastningar i dag enn for 20 år sidan. Samstundes er det store skilnader i fysiske og psykososiale arbeidsmiljøbelastningar mellom dei ulike yrkesgruppene i arbeidslivet. Eit viktig bidrag for å utjamne sosiale helseskilnader er å arbeide for at alle har gode og helsefremjande arbeidsforhold. Viktige verkemiddel for å redusere sosiale skilnader i helse er å vidareføre og styrke arbeidet for eit godt og sikkert arbeidsmiljø i bransjar med store arbeidsmiljøbelastningar. Arbeidstilsynet har difor gjennomført tilsynssatsingar m.a. i næringane/sektorane bygg- og anlegg, transport, asylmottak, politiet, barnehagar, reinhald, verkstadindustrien og nærings- og nytingsindustrien, hotell- og restaurant og undervisning. Arbeidstilsynet har også sett i gang ei satsing retta mot å auke kunnskapen om reglane i arbeidslivet og sentrale vilkår for eit godt arbeidsmiljø hjå unge arbeidstakarar og arbeidsgivarane deira, og å gjennomføre tilsyn i lærlingbedrifter og bransjar med mange unge arbeidstakarar. Eit anna viktig verkemiddel er bedriftshelsetenesta, som skal hjelpe verksemdene i det førebyggjande og helsefremjande arbeidet. Nasjonal overvaking av arbeidsmiljø og helse er etablert som ei avdeling ved Statens arbeidsmiljøinstitutt, og har som oppgåve å samordne, systematisere og formidle kunnskap om arbeidsmiljø og arbeidshelse til styresmakter og andre brukargrupper. Kvart tredje år gir Nasjonal overvaking av arbeidsmiljø og helse ut ei faktabok som gir ein samla nasjonal status og viser utviklingstrekk for norsk arbeidsmiljø og -helse. Ei ny faktabok vart gitt ut 2011, her står data samla inn gjennom Levekårsundersøking 2009 til Statistisk sentralbyrå sentralt. På www.stami.no/noa er det lansert eit nytt verktøy for å overvake arbeidsmiljø og helse.
Nasjonal strategiplan for arbeid og psykisk helse vart lansert i 2007 og gjeld alle med psykiske lidingar og vanskar, også dei som i tillegg har rusmiddelproblem eller andre utfordringar. Strategien handlar om å førebygge og hindre utstøyting frå arbeidslivet pga. psykiske lidingar eller problem, og å legge til rette for at dei som ønskjer og kan, skal kunne gjere seg nytte av arbeidsevna si.
Helseåtferd
Mål
Målet om å redusere sosiale skilnader i helseåtferd omfattar kosthald, fysisk aktivitet, røyking, alkohol og andre rusmiddel.
Utvikling
Generelt er det slik at grupper med lang utdanning og høg inntekt har eit meir sunt kosthald og er meir fysisk aktive enn dei med kort utdanning og låg inntekt. Det same mønsteret gjeld for røyking og andre rusmiddel enn alkohol.
Ein utfordring framover er å auke inntaket av grønsaker, frukt, grove kornprodukt og fisk, og å redusere inntaket av metta feitt, salt og sukker (Norkost, rapport 2012). Berre 15 pst. av befolkninga får i seg nok grønsaker per dag og berre 25 pst. får i seg den anbefalte mengda av grove kornprodukt. Undersøkinga viser vidare at ikkje-røykarane hadde høgare inntak av frukt, bær og grønsaker, enn personar som røykte dagleg. Berre 18 pst. av elevane i reine barneskuler (1–7) deltek i ordninga med abonnement på skulefrukt. Brus og godteri er framleis dei største sukkerkjeldene i kosten. Saltinntaket er dobbelt så høgt som tilrådd og det meste kjem frå ferdigmat. Helsevaneundersøkelsen viser en positiv utvikling i alle grupper blant norske 10.klassingar, med nedgang i brus og godteri og meir frukt og grønt.
Delen av dei som er fysisk aktive aukar med aukande sosioøkonomisk status. Det same gjeld for deltaking i organisert, fysisk aktivitet og medlemskap i frivillige organisasjonar innan kultur og fritid. Dersom ein bruker all fysisk aktivitet med moderat intensitet som indikator, er det framleis ein sosial gradient, sjølv om han er svakare. Utviklinga har samanheng med samfunnsendringar som inneber redusert kvardagsaktivitet. Aktivitetsnivået i befolkninga er lågare enn ein har rekna med tidlegare, og utviklinga går i negativ retning. Dette også rammar sosialt skeivt og medverkar til auka helseskilnader mellom grupper i befolkninga. Ferske resultat frå ein nasjonal kartlegging blant 9- og 15-åringer viser at meir av dagen brukas til stillesitting i 2011 samanlikna med i 2005/2006 og at færre er i 60 minutters dagelig moderat fysisk aktivitet. Aktiviteten minskar kraftig frå 9 til 15 år og berre halvparten av 15-åringane er tilstrekkelig fysisk aktive. 15-årige gutar tilbringer 70 pst. av tida i stillesittande aktivitetar.
Andelen daglegrøkare var i 2011 på om lag 17 pst., det svarar til over 700 000 menneske. Det er tre gonger så mange som røykjer blant dei med grunnskule som høgaste utdanning, samanlikna med dei med universitets- eller høgskuleutdanning. Blant unge (16–24 år) røykte 12 pst. dagleg i 2010 og på fem år er prosentdelen halvert. Helsevaneundersøkelsen viser en positiv utvikling i alle grupper blant norske 10.klassingar. Samanlikna med 2005 visar talet frå 2009/10 at det har vore ein nedgong i delen som røykar i alle sosioøkonomiske grupper.
Realprisen på alkohol har gått ned sidan 1999. Nedgangen er størst for sterkvin og brennevin. Det har vært ein sterk auke i talet på skjenkjestader sida 1992 og skjenkjestader med høve til å skjenke brennevin har auka.
Verkemiddel
Omsynet til sosiale skilnader i helseåtferd er eit viktig element i Meld. St. 16 (2010–2011) Nasjonal helse- og omsorgsplan (2011–2015) og Lov av 24. juni 2011, nr. 29 om folkehelsearbeid (folkehelseloven). I Nasjonal helse- og omsorgsplan varsla Regjeringa ein tverrdepartemental folkehelsestrategi. Strategien skal stå ferdig våren 2013 og utjamning av sosiale helseskilnader vil stå sentralt. Tverrdepartemental folkehelsestrategi skal fremme helsa til befolkninga som eit sektorovergripande mål, sidan grunnlaget for god folkehelse først og fremst blir skapt utanfor helsesektoren.
Regjeringa er i gang med arbeid med å fastsette indikatorar og måltal for helseåtferd. Det skal arbeidast med å fastsette indikatorar og måltal for faktorar som har innverknad på helse og helseåtferd på fleire områder som inkluderer sosiale skilnader i helse.
Føringane for ernæringsarbeidet er lagde i Handlingsplan for bedre kosthold i befolkningen (2007–2011) som vert evaluert i 2012. Det vert lagt vekt på å redusere sosiale skilnader i kosthaldet. Strategiar på kosthaldsområdet vert vidareført gjennom Nasjonal helse- og omsorgsplan og i den tverrsektorielle folkehelsestrategien som vert lagt fram i 2013.
I 2007 vart avgifta på alkoholfrie drikkevarer lagt om slik at avgiftsplikta omfattar drikkevarer som er tilsett sukker eller søtstoff. Helse- og omsorgsdepartementet og Finansdepartementet har videreført arbeidet, se omtale under kap 711.
Merkeordninga, Nøkkelholet, for sunn mat vart innført gjennom forskrift i 2009 basert på felles nordiske kriterium. Undersøkingar viser at Nøkkelholet er det merket som er best kjent og mest nytta i daglegvarehandelen. I januar 2012 har 98 pst. høyrt om merket, 60 pst. har tillit til det og veit at styresmaktene står bak. Halvparten seier merket gir hjelp til å velje sunnare mat. Sidan merkeordninga vart innført har talet på ferdigpakka produkt med nøkkelholet i daglegvarehandelen auka frå om lag 400 til om lag 1500. Det er sett i gang arbeid med å kartlegge om utviding av nøkkelholsmerkinga til kiosk-, bensinstasjons- og serveringsmarknaden er rett veg å gå for å betre tilbod og tilgang på sunnare alternativ. Helsestyresmaktene lanserte i 2011 nye kostråd som ledd i arbeidet med å nå ut med kosthaldsinformasjon til heile befolkninga. Informasjonsarbeidet om kostråda vert samordna med informasjon om nøkkelholet og retter seg mellom anna mot minoritetsgrupper.
Sidan 2007 har matvarebransjen hatt frivillige retningslinjer for marknadsføring retta mot barn og unge. Dei er evaluert og det er avdekka svakheiter. I 2010 vedtok Verdas helseorganisasjon anbefalingar for å redusere marknadsføring retta mot barn og unge. Helse- og omsorgsdepartementet har i 2012 sendt til høyring utkast til forskrift om marknadsføring retta mot barn og unge av næringsmiddel. Utkastet tek sikte på å forby marknadsføring retta mot barn og unge av energitette, salte og næringsfattige mat- og drikkevarer. Helse- og omsorgsdepartementet og Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet har satt i gang et arbeid med å utrede behovet for å innføre lov- eller forskriftsregulering av marknadsføring av mat og drikkevarer retta mot barn og unge.
Gratis utdeling av vitamin D-dropar til spedbarn med ikkje-vestleg innvandrarbakgrunn er eit verkemiddel for å førebygge rakitt. Tilbodet er landsomfattande. Det vert i tillegg delt ut brosjyre på seks språk som ein og kan laste ned frå internett. Det er sett i gang arbeid med ein tiltaksplan for å redusere saltinntaket i befolkninga.
Det er lange tradisjonar for å ta i bruk avgifter og tiltak for å redusere tilgang også i tobakks- og alkoholpolitikken. Det er i 2009 fastsett ei forskrift om innføring av biletåtvaringar på tobakkspakkane. Denne påbyr biletåtvaringar på sigarettpakkane frå juli 2011 og på andre tobakksprodukt frå januar 2012. Merking med åtvaring treff alle i målgruppa, og store åtvaringar med bilete fungerer uavhengig av språk og leseevne. Frå 2010 vart det forbod med synleg oppstilling av tobakksvarer på salgsstadane. Evaluering av tiltaket etter eit år pekar på en markant nedgong i salet av sigarettar som kan ha samanheng med innføringa av forbodet. Ein ny fem års strategi for førebygging av tobakksbruk kjem hausten 2012 der m.a. omsynet til sosiale skilnader i tobakksbruk vert omhandla.
Aldersgrense for kjøp av alkohol, vinmonopol, alkoholavgifter og avgrensing i talet på utsals- og skjenkjestader og i utsals- og skjenkjetider er alle verksame tiltak for å minke totalforbruket av alkohol. Prispolitikk og avgifter er blant dei best dokumenterte verkemidla for å redusere alkoholkonsum og alkoholrelaterte skadar. Som prisverkemiddel har alkoholavgiftene størst effekt på forbruket i grupper med dårlig økonomi. Å oppretthalde ein restriktive alkoholpolitikk med eit høgt nivå på avgiftene medverkar til å minke skadane i desse gruppene. Den vil og i sterkare grad treffe dei som brukar ei stor del av inntekta på alkohol.
Tidleg intervensjon i tilhøvet til risikoutsette barn, unge og vaksne er òg eit verksamt tiltak for å minke omfanget av skadar som kjem av alkohol og illegale rusmiddel. Nokon grupper i befolkninga er særleg utsette for å utvikle problem med rusmiddel. Dette gjeld særleg barn av foreldre med psykiske lidingar, barn av foreldre med rusproblem og barn og ungdom som sjølve har psykiske lidingar. Det er grunn til å tru at disse risikofaktorane varierer med sosioøkonomisk bakgrunn. Rusmiddelavhengige er overrepresentert i grupper med kort utdanning og låg inntekt. Rusmiddelproblem fører i mange tilfelle til tap av arbeid og sosiale problem, noko som bidrar til å forsterke rusmiddelproblema og forverre fattigdom og sosial ekskludering. Førebygging av rusmiddelproblem og tidlig identifisering og intervensjon har vært viktige satsingsområde i opptrappingsplanen for rusfeltet. Den nasjonale satsinga på tidlig intervensjon på rusområdet skal vidareførast, jf. Meld. St. 30 (2011–2012) Se meg! En helhetlig rusmiddelpolitikk.
Frisklivssentraler er eit kommunalt tilbod for dei som treng å endre levevanar knytte til m.a. fysisk aktivitet, kosthald og tobakk. Det er oppretta om lag 145 frisklivssentraler. Nokre av disse er organiserte som interkommunalt samarbeid. Det vert lagt vekt på tiltak som kan utjamne sosiale helseskilnader. I mange kommunar vert det lagt til rette for samarbeid mellom frisklivstilbodet, Nav, spesialisthelseteneste, attføring, frivillige organisasjonar og lågterskeltilbod i regi av andre lokale aktørar. Utviklingsområder for frisklivssentralane er mestring av psykiske problem og alkohol. Ein viser til nærmare omtale av tilbod for å fremje sunne levevanar under kap. 719, post 60 og kap. 762.
Helsetenester
Mål
Målet er likeverdige helse- og omsorgstenester både med tanke på tilgang, bruk og resultat. Delmåla omfattar (1) styrkt kunnskap om sosiale skilnader i bruk av helsetenester og (2) styrkt kunnskap om forhold som medverkar til sosiale skilnader i bruk av helsetenester og forhold som kan motverke slike skeive forhold.
Utvikling
Sjølv om helsetenesta skal være til for alle, er det likevel mykje som tydar på at det er sosiale skilnader i tilbodet til pasientane. Statistisk sentralbyrå har på oppdrag frå Helse- og omsorgsdepartementet analysert om det er systematiske skilnader i bruk av helsetenester etter utdanning, yrke og/eller inntekt i den norske befolkninga med utgangspunkt i datamaterialet frå helse- og levekårsundersøkingane. Rapporten avdekkjer nokre sosiale skilnader i bruk av enkelte primærhelsetenester og i bruk av spesialisthelsetenester for enkelte aldersgrupper. Tilgjengeleg kunnskap tyder på at i den grad det vert avdekt slike skilnader, så følgjer det ein sosial gradient. Det vil seie at prosentdelen som bruker ulike helsetenester aukar med stigande utdanning og inntekt. Den sosiale gradienten er sterkare blant menn enn blant kvinner. Det er krevjande å få et godt bilde av sosiale mønster i helsetenestebruk fordi den faktiske bruken må vurderast opp mot behovet. Dersom det er store skilnader i sjukdom mellom grupper, kan det som ser ut til å være lik bruk av tenester skjule store skilnader.
Verkemiddel
Med utgangspunkt i Meld. St. 16 (2010–2011) Nasjonal helse- og omsorgsplan (2011–2015) er det starta eit arbeid med å fastsetje nasjonale indikatorar som måler kvalitet, yting og effekt av helsetenester ut frå eit sett internasjonale kvalitetskriterium. Det er eit mål å utvikle nasjonale kvalitetsindikatorar som kan seie noko om tilgangen til helsetenester og ulikskapar på tvers av faktorar som m.a. fagfelt, kjønn, alder og geografiske område. Det skal leggast vekt på å inkludere indikatorar på sosiale skilnader i tilgjengelegheit, bruk og resultat av helsetenester. Informasjonen skal brukast i kvalitetsforbetringsarbeid, til politisk styring, verksemdstyring, og til forsking. Det er utarbeida forslag til rammeverk for eit nasjonalt systemet for kvalitetsindikatorar, med anbefalingar om korleis det skal utviklas vidare. Helsedirektoratet har ansvar for å drifte og vidareutvikle det nasjonale kvalitetsindikatorsystemet.
Data i Norsk pasientregister kombinert med kopling mot sosioøkonomiske register gjer det mogleg å studere utbreiing av sjukdom og forbruk av helsetenester etter sosiale kjenneteikn som utdanning og inntekt. Aktuelle temaområde kan vere dei store folkehelsesjukdomane som Kols eller diabetes, førekomst av ulykker og skadar, eller behandling i psykisk helsevern. Pasientregisteret er berre eit av fleire register som kan brukast til å analysere sosiale skilnader i helsetenester. Strategi for modernisering og samordning av sentrale helseregistre og medisinske kvalitetsregistre 2010–2020 er eit prosjekt som m.a. kan betre tilgang på data om sosiale skilnader og helsetenester.
I St.meld. nr. 35 (2006–2007) Tilgjengelighet, kompetanse og sosial utjevning, framtidas tannhelsetjenester legg regjeringa ein heilskapleg politikk for tannhelsetenester til befolkninga. Det overordna målet er utjamning av sosiale skilnader i tannhelse. Helse- og omsorgsdepartementet er i gang med å vurdere endringar i lov om tannhelsetenesta. Arbeidet skal m.a. sjå på dei vilkår som gir rett til oppsøkjande, jamleg tilbod om tannhelsetenester frå fylkeskommunen. Ut ifrå eit prinsipp om at dei som treng det mest, skal ha eit slikt tilbod, vil ein søkje å utjamne sosiale skilnader i tannhelse. Departementet er også i gang med å utgreie ulike ordningar for finansiering og takordningar for kostandar knytt til tannbehandling. Dei vil og ta omsyn til sosiale skilnader i tannhelse.
I Meld. St. 16 (2010–2011) Nasjonal helse og omsorgsplan vert det peikt på at det psykiske helsevernet (spesialisthelsetenesten) for barn og unge skal gjennomgåas av Helsedirektoratet i samarbeid med de regionale helseføretaka. Tilgjengelegheit til helsetenester vil også kunne variere mellom og innanfor etniske grupper. Nasjonalt kompetansesenter for minoritetshelse driv formidling, forskings- og utviklingsarbeid om somatisk og psykisk helse og omsorg for menneske med minoritetsbakgrunn. Nakmi mottar stønad over statsbudsjettet frå Helse- og omsorgsdepartementet. Fastlegeordninga er ei teneste som generelt fungerer godt, og som har stor oppslutning i befolkninga. Mange innvandrarar bruker legevaktene meir enn etnisk norske. Helse Sør-Øst RHF deltar i eit prosjekt saman med enkelte bydelar i Oslo og Akershus for å avdekkje årsaka. I 2013 skal det lagast ein nasjonal strategi for innvandrarhelse som også omhandlar sosiale helseskilnader.
Sosial inkludering
Mål
Målet for sosiale inkludering i stortingsmeldinga er å betre levekåra for dei vanskelegast stilte. Dette omfattar delmåla (1) forholdsvis færre vaksne med svake grunnleggjande ferdigheiter i skulen, (2) gi fleire moglegheit til å kome i arbeid, (3) syte for at ingen er bustadlause, (4) betra tilgang til og styrking av helse- og omsorgstenester for utsette grupper, og (5) reduserte levekårsskilnader mellom geografiske område. For rapportering på mål for inkludering av innvandrarbefolkninga visast det til proposisjonen til Barne- likestilling og inkluderingsdepartementet.
Utvikling
Det finst per i dag inga god oversikt over kor stor del av vaksenbefolkninga som manglar kompetanse på grunnskulenivå eller tilsvarande grunnleggjande ferdigheiter eller kva utdanning innvandrarar har når dei kjem til Noreg. Det er behov for å utvikle betre statistikk på dette området. Utdanningsdirektoratet er inne i ein prosess med å utvikle indikatorar i samanheng med vidareutvikling av Nasjonalt kvalitetsvurderingssystem. Det er eit stort omfang av lese og skrivevanskar blant innsette i norske fengsel, og berre ein av ti innsette under 25 år har fullført vidaregåande opplæring.
Ei kartlegging frå 2008 viste at rundt 6100 personar var utan egen bustad. To pst. av disse var såkalla uteliggjarar. I følgje kartlegginga har rundt 60 pst. av disse personane eit rusproblem og 33 pst. hadde psykiske lidingar. 23 pst. hadde både problem med rusmiddelmisbruk og psykiske lidingar. Ei ny kartlegging vil etter planen bli utført i uke 48 i 2012. I NIBR-rapport 2011:13 På ubestemt tid, kjem det fram at dei fleste kommunane har personar som oppheld seg i mellombelse butilbod over lengre tid. Halvparten av kommunane har hatt personar med kjent eller synleg psykisk liding buande i mellombelse butilbod.
Talet på kommunalt disponerte bustader har hatt ei svak auke frå 2010 til 2011. I 2011 ble det registert totalt 101 670 kommunalt disponerte bustader. Dette er ei auke på om lag 800 bustader frå 2010.
I 2011 fikk om lag 10 800 husstandar startlån mot 9500 året før. Vidare fekk i gjennomsnitt 123 700 personar bustøtte i 2011 mot 120 600 i 2010. Stadig fleire nye mottakarar kjem inn i bostøtteordninga, og eksisterande mottakarar har fått auka ytingar. Tilskot til etablering til enkeltpersonar er strengt behovsprøvd, og tilskotet blir ofte gjeve i kombinasjon med startlån og bustøtte. I 2010 vart det gjeve om lag 1500 tilskot, mens i 2011 var talet 1400. Husbanken gjev også tilskot til etablering av kommunalt disponerte bustader for vanskelegstilte. I 2011 var tilskotet styrkt for å prioritere flyktingar, særlig einslege mindreårige.
Verkemiddel
Svake grunnleggjande ferdigheiter og manglande grunnutdanning aukar faren for å falle ut av arbeidslivet. Det er difor eit mål å løfte kunnskapsnivået for dei som treng det mest. Motivasjon, god rettleiing, finansiering av livsopphald under utdanning og fleksible ordningar for læring både innanfor og utanfor utdanningssystemet er viktige faktorar. Program for basiskompetanse i arbeidslivet (BKA) skal bidra til å styrke ferdigheitene til vaksne i det å lese, skive og rekne, og i informasjons- og kommunikasjonsteknologi. Føremålet med introduksjonsprogrammet er å styrke moglegheitene nykomne innvandrarar har for å delta i yrkes- og samfunnslivet. Ny sjanse er ei forsøksordning som har til føremål å prøve ut metodar for å kvalifisere innvandrarar utan fast tilknyting til arbeidsmarknaden, til utdanning eller arbeid. Ny sjanse rettast i 2011 mot innvandrarar frå landgrupper med låg sysselsetjing og høg arbeidsløyse, innvandrarkvinner som er heime med barn og som ikkje får sosialhjelp, arbeidslaus innvandrarungdom mellom 18 og 25 år som er avhengige av sosialhjelp og langtidsledige innvandrarar som får sosialhjelp. Ungdom er ei høgt prioritert gruppe for Nav. Kompetanse 16–24 er eit tiltak som har til føremål å fange opp ungdom som fell ut av vidaregåande skule.
Utdanning er blant dei mest effektive tiltaka for å førebygge tilbakefall til kriminalitet. Undervisningstilbodet i fengsla er difor vorte mykje styrkt dei siste åra. Innsette i norske fengsel har til dels omfattande rusmiddelproblem. I tillegg har ein stor del også psykiske problem/lidingar. Det vert arbeidd med å få på plass individuell plan som verktøy for innsette med behov for langvarige og samordna tenester. Samarbeidet med andre aktørar (spesialisthelsetenesta innafor psykisk helsevern og rus, kriminalomsorga, sosialtenesta i kommunane og Nav) er vidareutvikla m.a. gjennom etablering av ei helsefagleg ressursgruppe som skal utvidast til også å omfatte representantar for sosialtenesta. I dei fleste fengsel har helsetenesta sett i verk legemiddelassistert rehabilitering. Det er etablert samarbeid mellom Nav-kontor og ei rekke fengsel, blant anna via prosjektet til Arbeids- og velferdsdirektoratet, Fra fengsel til Kvalifiseringsprogram. Rusmestringsenhetene er etablert i 13 fengsler. Formålet med disse enhetene er å gi et tverrfaglig tilbud om rehabilitering og behandling som kan gjøre innsatte bedre i stand til å mestre sitt rusproblem og egen livssituasjon
Samtidig legg ein opp til auka bruk av overføring til straffegjennomføring utanfor fengsel etter straffegjennomføringslova § 12 (behandlings- eller omsorgsinstitusjon). Promilleprogrammet vart i 2008 omgjort til Program mot ruspåvirket kjøring og utvida til å omfatte andre rusmiddel enn alkohol. Den treårige prøveordninga med straffereaksjonen Narkotikaprogram med domstolskontroll vert ført vidare til 2014.
Gjennom å støtte opp om kommunane og samarbeidspartnarane deira, skal Husbanken medverke til å førebygge at nokon kjem i ein situasjon utan fast bustad. Fleire treng også hjelp til å få ein varig busituasjon. Unge og barnefamiliar er særleg sårbare grupper, og dei utgjer difor viktige målgrupper for arbeidet.
Det er kommunane som i all hovudsak skal hjelpe vanskelegstilte på bustadmarknaden. I tillegg til å støtte kommunane med kompetanse og erfaringsutveksling, tilbyr staten gjennom Husbanken ei rekkje økonomiske verkemiddel. Husbanken har ei eiga satsing mot kommunar som har særleg store utfordringar. Husbanken inngår langsiktige og forpliktande avtalar med kommunar som sjølv tar eigarskapet til både utfordringane og løysingane. Hittil har Husbanken inngått slike avtalar med 51 kommunar og 4 bydelar i Oslo kommune.
Personar med behov for langvarig og koordinerte tenester og individuell plan er sentral i oppfølginga av samhandlingsreforma. I Lov av 24. juni 2011, nr. 30, om kommunale helse- og omsorgstjenester m.m. (helse- og omsorgstenesteloven) er det klart at kommunane har ansvar for at alle pasient- og brukargrupper får tilbod om nødvendig helse- og omsorgstenester. Ansvaret omfattar personar med somatisk eller psykisk sjukdom, -skade eller lidingar, rusmiddelproblem, sosiale problem eller personar med nedsett funksjonsevne. Etter lova er det kommunen som har ansvaret for å setje i gang arbeidet med individuelle plan og tilby koordinator. For å styrke kvaliteten i tenestene skal det lagast rettleiarar og retningslinjer for heile rusfeltet fram mot 2015. I 2011 har Helsedirektoratet utgitt to rettleiarar, retningslinjer for oppfølging av gravide i legemiddelassistert rehabilitering og barna deira, og retningslinjer for opioid-avhengige. I 2012 vart det gitt eit tilskot til kommunalt rusarbeid til om lag 300 kommunar og til frivillige organisasjonar. Mange aktivitets- og arbeidstiltak får støtte gjennom denne ordninga.
Det vert i 2012 gitt tilskot til 14 ACT-team (Assertive Community Treatment, aktivt oppsøkende behandling) og 58 samarbeidsprosjekt rundt om i landet. Tiltaka er retta mot menneske med alvorlege psykiske lidingar med langvarige og samansette behov for samtidige tenester frå både spesialist- og primærhelsetenesta. Behandlinga vert gitt der pasienten eller brukaren oppheld seg. Satsinga på ACT- team er under evaluering.
Under innsatsen for sosial inkludering er det eit mål å redusere levekårsskilnader mellom geografiske område. I Noreg har dødsraten dei siste 30 åra vore gjennomgåande lågast på Vestlandet og høgast i Nord-Noreg. Det kan også vere store lokale skilnader. I Oslo er den venta levetida heile 10–12 år lengre i dei vestlege enn i dei austlege bydelane. Ei av forklaringane på slike geografiske skilnader er at det er samanheng mellom bustad og sosiale forhold. Områdesatsingar i Groruddalen og Oslo Sør omfattar tiltak for å betre oppvekstvilkåra for barn og unge, og har gjort det mogleg å prøve nye tiltak for å møte spesielle helseutfordringar i innvandrarbefolkninga.
Rapportering
Utviklinga på innsatsområda i stortingsmeldinga vert følgd opp gjennom eit rapporteringssystem som skal gi systematisk og oppdatert oversikt over utviklinga av arbeidet for å redusere sosiale helseskilnader. Det er etablert eit interdepartementalt samarbeid om utvikling av denne rapporteringa. Helsedirektoratet har fått ansvaret for utviklingsarbeidet i nært samarbeid med aktuelle fagdirektorat og fagmiljø. Direktoratet skal gi ut ein årleg rapport basert på rapporteringssystemet. Den tredje rapporten kom våren 2012.
Sektorovergripande verktøy
Mål
Det er eit mål at omsynet til helse og til utjamning av sosiale skilnader i helse i større grad skal verte handsama i alle samfunnssektorar.
Verkemiddel
Samhandlingsreforma og Lov av 24. juni 2011 nr. 29, Lov om folkehelsearbeid, legg opp til betre politisk forankring av ansvaret kommunane har for folkehelsearbeidet. Lova sett krav til at kommunane skal identifisere eigne folkehelseutfordringar, fastsette mål og strategiar og sette i verk nødvendige tiltak. Formålet med folkehelselova er å bidra til ei samfunnsutvikling som frem folkehelse og utjamnar sosiale helseskilnader. Kommunen og fylkeskommunen skal bidra til betre folkehelse og utjamning av sosiale helseskilnader m.a. gjennom lokal og regional utvikling og planlegging, forvaltning og tenesteyting. Forskrift om oversikt over folkehelsen med verknad frå 1. juli 2012 er heimla i folkehelseloven og gir ramma for ansvaret som omtala over.
Regjeringa vil bidra til å bygge opp nødvendig kompetanse og kapasitet i kommunane slik at dei blir betre i stand til å møte helseutfordringane. Helsedirektoratet skal tilby kommunane tiltak for å heve kompetansen. For å få oversikt over helsetilstand og påverkningsfaktorar, har Nasjonalt folkehelseinstitutt i 2012 etablert folkehelseprofilar for alle kommunar og fylker og bygget ut helsestatistikken (www.fhi.no/kommunehelsa). Her inngår mål på sosiale helseskilnader.
Fylkeskommunen har ansvar for ei rekke oppgåver innanfor utdanning, samferdsel og samfunnsplanlegging som kan være med på å fremme helse i befolkninga og bidra til å redusere sosiale helseskilnader. Regjeringa vil i 2012 legge fram ein nasjonal tverrdepartemental folkehelsestrategi for å sikre systematisk og langsiktig arbeid på tvers av sektorar.
Kunnskapsutvikling
Forsking på sosiale skilnader i helse vil bli prioritert i neste programperiode i Folkehelseprogrammet i Noregs forskingsråd. Folkehelseprogrammet skal særskild konsentrere seg om helseåtferd, livsløp og forbygging knytt til psykisk helse. Aktuelle deltema under helseåtferd er fysisk aktivitet, kosthald, tobakk og ulykker, ein vil sjå på problemstillingar knytt til f.eks. oppvekst, utdanning, arbeid og inntekt. Program for helse- og omsorgstenester i Noregs forskingsråd skal stimulere til utvikling av ny kunnskap om helse- og omsorgstenesta. Forskingsrådet skal legge vekt på prosjekt som inkluderer problemstillingar knytte til sosial ulikskap i tilgjengelegheit, bruk og resultat av helse- og omsorgstenesta.
Program for forsking om årsaker til sjukefråvær, uførleik og utstøyting (2007–2016) i regi av Noregs forskingsråd skal medverke til betre kunnskap om årsakene til sjukefråvær, uførleik og utstøyting frå arbeidslivet. Så langt er erfaringane at arbeidshelse, arbeidsmiljøforsking og forsking som går på tvers av disiplinar, har fått for liten merksemd innanfor ramma av programmet. Hausten 2010 drøfta Arbeidsdepartementet, Forskingsrådet og sentrale partar i arbeidslivet ein revidert profil. Programmet skal i det vidare ha forsking om arbeidshelse og arbeidsmiljø som sjølvstendige tema, dvs ikkje bare relatert til sjukefråvær og uførleik. Sjukefråværsprogrammet skal legge meir vekt på forhold som påverkar helse, sjukdom og fråvær i arbeidslivet, men også på kva for faktorar og mekanismar som medverkar til godt arbeidsmiljø. I denne samanhengen er det behov for tiltaksforsking. Vidare skal det takast initiativ til ein gjennomgang av status for den eksisterande arbeidshelseforskinga og det skal vurderast om kapasiteten og kompetansen her er god nok.
Ved Nasjonalt folkehelseinstitutt er forsking og helseovervaking ein vesentleg del av verksemda. Instituttet er i gang med å lage eit system for å overvake sosiale helseskilnader.
Helsedirektoratet har fått i oppdrag å nedsette eit forskarpanel som skal gjere ein gjennomgang av faktorar som påverkar sosiale skilnader i helse på tvers av sektorar. Formålet er å vidareutvikle og konkretisere oppfølginga av St.meld. nr. 20 (2006–2007) Nasjonal strategi for å utjevne sosiale helseforskjeller. Dei skal levere sin rapport hausten 2013.
6 Administrative fellesomtaler
6.1 Sektorovergripande miljøvernpolitikk
Helse- og omsorgsdepartementet si målsetting er å oppnå tryggare og meir helsefremjande miljø. Viktige tiltak er å tydeleggjere miljøfaktorane i folkehelsearbeidet, støtte kommunane sitt arbeid med miljøretta helsevern, under dette god forvaltning av regelverk, bidra til å førebygge skader og ulykker, førebygge forgiftingar, førebygge astma, allergi og inneklima-sjukdommar, og forbetre miljø og helse for barn. Lov om folkehelsearbeid tredde i kraft 1. januar 2012. Lova skal m.a. bidra til betre prioritering og systematisk arbeid innan folkehelse, under dette miljøretta helsevern.
Regjeringa har i sin eigarskapspolitikk uttrykt klare forventningar til at statleg eigde verksemder skal være leiande i arbeidet med samfunnsansvar. Kravet til samfunnsansvar følgjer også av Staten sine prinsipp for godt eigarskap. Det å vise samfunnsansvar inneber å forholda seg opent til alle som har legitime interesser til verksemda, og å drive verksemda slik at den gir eit positivt bidrag til samfunnet. I eigarskapspolitikken er det formulert forventningar om samfunnsansvar for fire hovudområder: menneskerettigheitar, arbeidstakarrettigheitar, arbeid mot korrupsjon, samt miljø og klima. Dei regionale helseføretaka og helseføretaka sitt samfunnsansvar inneber eit ansvar for korleis verksemda verkar inn på desse områda, både ved kjøp av tenester eller som direkte effektar av eige verksemd.
Dei regionale helseføretaka har i 2011 vidareført det nasjonale miljø- og klimaprosjektet for ein ny fireårsperiode under leiing av Helse Vest RHF. Det er utarbeidd ein gjennomføringsplan med sikte på ISO 14001-sertifisering av alle helseføretaka i landet innan utgangen av 2014. Prosjektet har i 2011 gjennomført ein piloteringsfase med fem utvalde helseføretak og eit regionalt helseføretak som pilotar. Hensikta med pilotfasen har vore å nyttiggjere seg erfaringar før alle andre helseføretak etablerer sine prosjekt for innføring av miljøleiing.
Det er i regi av det nasjonale miljø- og klimaprosjektet etablert ei nasjonal kompetanseeining for arbeidet i Helse Bergen HF. Kompetanseeininga fungerer som sekretariat for prosjektet. Hovudfokus i 2011 har vore oppfølging av pilotføretaka samt utarbeiding og gjennomføring av ulike typar kurs og rettleiingsmateriell. Den 1. desember 2011 blei det arrangert ein felles oppstartskonferanse for arbeidet med miljøleiing der alle landets helseføretak deltok.
Dei regionale helseføretaka har i 2011 vidareført sitt samarbeid knytt til miljøkrav i offentlege anskaffingar. Dei har mellom anna førebudd for etablering av ei nasjonal kompetanseeininga for innkjøp som vil få eit særleg ansvar for å bidra til at innkjøp i spesialisthelsetenesta skjer med krav knytt til miljø og etiske leverandørkjeder. Eininga er planlagt lagt til helseføretakas innkjøpsservice AS (Hinas). Alle dei regionale helseføretaka blei i 2011 medlem i organisasjonen Initiativ for etisk handel.
Miljøverndepartementet har det konstitusjonelle ansvaret for radioaktiv forureining og anna stråling i det ytre miljøet. Statens strålevern ivaretek oppgåver for Miljøverndepartementet, og forvaltar som ledd i dette dei delane av stråle- og miljøvernlovgivinga som regulerer fagområdet. Strålevernet har òg ansvar for fagleg utgreiingsverksemd og tilsyn med radioaktiv forureining og for å koordinere nasjonal overvaking av radioaktiv forureining i det ytre miljø. Dette blir gjennomført i samarbeid med andre relevante institusjonar og fagmiljø.
Helsedirektoratet og Nasjonalt folkehelseinstitutt, samt Statens helsetilsyn, helsetilsyna i fylka og fylkesmennene, er rådgjevarar for sentrale og lokale helsemyndigheiter, og dei greier ut og tek del i overvaking av miljøforureining. Både folkehelselova og forskrift om miljøretta helsevern peikar på kommunane sitt ansvar for oversikt, rådgjeving og medverknad som ledd i arbeidet med å fremje folkehelse og bidra til gode forhold med omsyn til miljøet. Kommunane skal også gjennom planlegginga si sikre befolkninga mot skadelege faktorar i miljøet, m.a. biologiske, kjemiske, fysiske og sosiale, som kan ha negativ innverknad på helsa. skal føljast opp. Som eit ledd i oppfølginga av Nasjonal strategi for barns miljø og helse, Barnas framtid (2006–2016), har Statistisk sentralbyrå, på oppdrag fra Helse- og omsorgsdepartementet, Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet og Kunnskapsdepartementet, laga ein rapport om barns sitt miljø og helse.
6.2 Oppfølging av likestillingslova sitt krav om å gjere greie for likestilling
Med Samhandlingsreforma og Nasjonal helse- og omsorgsplan (2011–2015) legg regjeringa den politiske kursen for helse- og omsorgstenestene og folkehelsearbeidet dei neste åra. Regjeringa sitt utgangspunkt er at det er eit offentleg ansvar å fremje helse og førebyggje sjukdom, og å sikre nødvendige helse- og omsorgstenester til heile befolkninga. Alle skal ha eit likeverdig tilbod om helsetenester uavhengig av diagnose, økonomi, sosial status, alder, kjønn og etnisk bakgrunn.
Departementet sitt mål for ei likestilt helseteneste er konsentrert om to aksar. Den eine er å inkludere kjønnsperspektivet i all verksemd der dette er relevant. Den andre er å rette særskilt merksemd mot lidingar som kvinner eller menn har, eller sjukdomar kor det eine kjønnet er i fleirtal eller har spesielle vanskar. I departementet sine styringsdokument er dei regionale helseføretaka og Helsedirektoratet bedne om å leggje vekt på at helsetenestene vert utvikla i eit kjønnsperspektiv. Særskilde utfordringar knytt til kvinner si eller menn si helse skal bli møtt med tilstrekkjeleg kunnskap og ressursar.
Levealderen i Noreg er blant dei høgaste i verda og er aukande. Dette heng blant anna saman med redusert dødelegheit av hjerte- og karsjukdomar gjennom mange år. Låg spedbarnsdødelegheit medverkar også til ei positiv utvikling av dødelegheita.
Regjeringa ønskjer å leggje til rette for ei god helse for alle og har som mål fleire leveår med god helse i befolkninga. Dette vil også medverke til at levealderen for menn blir meir lik levealderen for kvinner. Strategiplan for kvinners helse 2003–2013 som vart presentert for Stortinget i St.meld. nr. 16 (2002–2003), Resept for et sunnere Norge, inneber at perspektivet på kjønn skal vere sentralt i sektoren for helse og omsorg, både i forsking, utforming av politikk, førebygging og tenester. Strategien har utløyst faglig engasjement, initiert forsking og endringar i klinisk praksis. Det er utarbeidd strategiar og handlingsplanar for områder som kreft, diabetes, førebygging av uønskte svangerskap, opptrappingsplan for psykisk helse og faglege retningsliner for førebygging og behandling av beinskjørleik. Helsedirektoratet skal gjennomgå strategien i 2012 og utarbeide forslag til nye tiltak innanfor kjønn og helse. Av dei totale midlane til klinisk forsking, som er fordelt på RHFa i 2011, rapporterer føretaka at 22,4 mill. kroner er brukt spesifikt til 56 kvinnehelseprosjekt i 2011.
I 2006 etablerte Helse- og omsorgsdepartementet eit nasjonalt kompetansesenter for kvinnehelse knytt til Oslo universitetssjukehus HF, Rikshospitalet. Kompetansesenteret har særskilde oppgåver innanfor forsking, kompetanseoppbygging, rådgjeving og formidling av kunnskap om kvinnehelse. Senteret har i dag ein stor forskingsaktivitet og noko verksemd retta mot eksterne. Frå 2012 er det oppretta seks nye nasjonale behandlingstenester og kompetansetenester i spesialisthelsetenesten med fokus på kvinnehelse.
Delen menn som arbeider i omsorgstenestene har auka svakt i perioden 2007 til 2011, frå 10,2 til 11,4 pst. Nivået har vore stabilt dei siste ti åra og det er lite som tyder på at dette endrar seg utan at det skjer grunnleggjande endringar i utdannings- og arbeidsmarknaden. Dersom ein ser bort frå legane er delen menn høgst blant miljøterapeutar, sosionomar, fysioterapeutar og vernepleiarar. Også blant personell utan formell utdanning er delen relativt høg. Blant dei nye helsefagarbeidarane som er rekruttert inn i 2010 og 2011 er mannsdelen vesentleg høgre enn for hjelpepleiarane og omsorgsarbeidarane. Det er sidan 2010 blitt gitt økonomisk støtte til Trondheim kommunes prosjektet Menn i helse gjennom Kompetanseløftet 2015. Prosjektet skal utvikle Trondheim kommune til ein føregangskommune i arbeidet med å rekruttere fleire menn til omsorgstenesta, og vurderast å ha overføringsverdi til andre kommunar.
Departementet sitt krav i føretaksprotokollen til dei fire regionale helseføretaka januar 2011 blei vidareført i 2012. Eit av krava er at helseføretaka som hovudregel skal nytte faste heile stillingar. Det er forventa at ein skal avgrense bruken av mellombels stillingar og vikariat til eit nødvendig minimum, og at ein framleis skal arbeide for å redusere deltid med minst 20 pst. Det er ein ønska målsetting å auka talet på heile stillingar, mellom anna som eit tiltak for å styrke pasienttryggleiken og kvaliteten i pasientbehandlinga. Helseføretaka vil i samarbeid med leiarar og tillitsvalde legge til rette for, og motivere for at det skal bli mogleg for medarbeidarar som ønskjer høgare stillingsprosent, og få til dette. Det inneber at alle partar må utnytte det handlingsrommet som er i god oppgåvedeling og god arbeidsplanlegging. Dette er eit langsiktig arbeid som vil medverke til å auke kvinner sin generelle stillingsprosent i helseføretaka, eit viktig likestillingsperspektiv.
Arbeidet med å auke stillingsprosenten og redusere deltid er eit langsiktig tiltak kor mange ulike virkemidlar må tas i bruk. Dette er ein kulturendring som vil ta tid. Dei regionale helseføretaka har etablert tiltak for å kartlegge kva den enkelte medarbeidar i deltidsstilling ønskjer av framtidig stillingsprosent på kort og lang sikt, og kva som er årsaka til at dei er i deltidsstilling. Dette har gitt eit kunnskapsgrunnlag som har medverka til å etablera tiltak som verkar, på kort og lang sikt. Det er ikkje eit tiltak som kan endre dagens situasjon, men ei rekkje ulike tiltak. Dette arbeidet skjer ved alle landets helseføretak.
Almlidutvalget (NOU 2010: 13, Arbeid for helse) viste til at det er om lag 60 pst. høgare sjukefråvær blant kvinner enn blant menn i helse- og omsorgssektoren. Utvalet viste også til at det er behov for å auke kunnskapsgrunnlaget om årsakssamanhengene. Helse- og omsorgsdepartementet vil ta initiativ til å følgje opp dette. Departementet arbeider med en langsiktig plan både med omsyn til kunnskapsinnhenting og med tanke på tiltak som har hatt positiv effekt for å redusere sjukefråvær og utstøyting i sektoren.
Arbeidet med å redusere og førebygge sjukefråvær og utstøyting er sentralt også med tanke på auka likestilling mellom kjønna. I den vidare prosessen vil departementet være opptatt av tiltak kor man arbeider for å finne gode løsninger, ikkje minst med tanke på å auke kvinners nærværsopplevelse. I hovudsak vil arbeidet i denne fasen bestå i kartlegging av allereie eksisterande tiltak og løsninger med gode resultat gjennom kunnskapsinnhenting og erfaringsutveksling på tvers i helse- og omsorgssektoren.
Likestillingsrapport
Av tilsette i Helse- og omsorgsdepartementet i 2011, var 64,7 pst. kvinner. Den største gruppa stillingar i organisasjonen er seniorrådgjevarar med 63,6 pst. kvinner og 36,4 pst. menn. Tala inneheld ikkje tilsette i utlandet eller dei med permisjon utan løn.
Tabell 6.1 Stillingar, Helse- og omsorgs-departementet 2011 (kvinner/menn)
Dep.råd/eksp.sjef | 3/5 |
Avd.direktør mv. | 14/10 |
Fagdirektør | 8/8 |
Underdirektør | 16/3 |
Prosjektleiar | 0/1 |
Spesialrådgjevar | 4/3 |
Seniorrådgjevar | 56/32 |
Rådgjevar | 21/12 |
Seniorkonsulent | 7/0 |
Førstekonsulent | 7/4 |
Totalt | 136/78 |
Oversikta viser at det i Helse- og omsorgsdepartementet er 53,1 pst. kvinnelege leiarar når alle leiarstillingar er medrekna. Ser ein øvste leiarnivå åleine, som omfattar departementsråd og ekspedisjonssjefar, var kvinnedelen i 2011 på 37,5 pst. mot 33,3 pst. i fjor.
Tabell 6.2 Tilhøve løn, Helse- og omsorgs-departementet 2011 (kvinner/menn, 1000 kr/år)
Dep.råd/eksp.sjef | 1190/1150 |
Avd.direktør mv. | 810/710 |
Fagdirektør | 580/720 |
Prosjektleiar | - /760 |
Underdirektør | 600/630 |
Spesialrådgjevar | 810/950 |
Seniorrådgjevar | 540/550 |
Rådgjevar | 440/440 |
Seniorkonsulent | 440/– |
Førstekonsulent | 400/410 |
Totalt | 570/620 |
Skilnaden i gjennomsnittleg årsløn mellom kjønna var i 2011 på 50 000 kroner. Dette er det same som i 2010.
Tabell 6.3 Arbeidstid, Helse- og omsorgs-departementet 2011 (kvinner/menn)
Heiltid | 121/73 |
Deltid | 15/5 |
Totalt | 136/78 |
Mellombels /vikariat | 14/5 |
Tabell 6.4 Fråvær grunna sjukdom, Helse- og omsorgsdepartementet
Kvinner | 5,8 % |
Menn | 2,5 % |
Totalt | 4,6 % |
Helse- og omsorgsdepartementet hadde eit gjennomsnittleg fråvær grunna sjukdom i 2011 på 4,6 pst., som er ein liten auke frå føregåande år. Helse- og omsorgsdepartementet vil som før legge vekt på likestilling i noverande og framtidige planlagde aktivitetar.
I 2011 var det 67 pst. kvinner i heile Helsedirektoratet. Det er eitt prosentpoeng ned frå 2010. Blant seniorrådgjevarar, spesielt for dei over 60 år, spesialstillingar/prosjektleiarar og avdelingsdirektørar, er kvinner framleis løna lågare enn menn. I motsetning til tidligare periode har differansen ikkje økt frå 2010 til 2011. Delen kvinner i dei lågare lønnsgruppene (saksbehandlarar og kontorstillingar) sank noe, mens den auka i gruppane over rådgjevarnivå. I gruppa divisjonsdirektørar er det ein kvinnedel på 50 pst.
Nasjonalt folkehelseinstitutt har om lag 950 tilsette inkl. dei eksternt finansierte. Omtalen omfattar alle desse. FHI er medvetne om at dei skal ha same løns- og personalpolitikk overfor alle tilsette. 70 pst. av dei tilsette er kvinner. I leiarstillingar er kvinnedelen no 51 pst., ei lita auke frå førre år. Instituttet har no ein kvinnedel på 56 pst. i senior fagstillingar (forskar 1110 og 1183, overlegar og seniorrådgjevar), som er ei auke. Instituttet kan ikkje sjå nokon lønsskilnader mellom kvinner og menn som kan forklarast med kjøn. Den største utfordringa for jamnstelling er å auke delen kvinner blant seniorforskarane, slik at det over tid samsvarer med den høge delen kvinner blant stipendiatar og postdoktorar (72 pst.). Blant anna vil instituttet sikre seg at kvinner og menn får like moglegheiter for meritterande oppgåver.
Ved utløpet av 2011 var 67 pst. av de tilsette i Nasjonalt kunnskapssenter for helsetenesten kvinner. I leiargruppa var det fem kvinner og to menn, seksjonsleiargruppa hadde 8 kvinner og 8 menn.
Norsk pasientskadeerstatning har totalt ein kvinnedel på 69 pst. Kvinnedelen i leiarstillingar er på 50 pst. Kvinnedelen er noko lågare no enn i 2011. Det er ei klar overvekt av kvinnelege søkjarar til ledige stillingar i Norsk pasientskadeerstatning. For å auke talet på mannlege tilsette i stillingskategoriar der delen menn er låg, har verksemda tatt inn ei oppmoding i høve til mannlege kandidatar i stillingsannonsane. Norsk pasientskadeerstatning sitt styre har ein kvinnedel på 50 pst.
Statens autorisasjonskontor for helsepersonell hadde per 31. desember 2011 ein kvinnedel på 66 pst. Kvinnedelen har gått ned frå 71,4 pst. i 2010. I gruppene seniorrådgjevarar, rådgjevarar og fyrstekonsulentar er kvinner i gjennomsnitt lønna lavere enn menn, men i gruppene seniorkonsulentar og konsulentar er kvinnene i gjennomsnitt lønna litt høgare enn menn. Leiargruppa besto av 60 pst. menn og 40 pst. kvinner.
Statens helsetilsyn hadde desember 2011 ein kvinnedel på 67 pst. I stillingsgruppa leiar (avdelingsdirektør, underdirektør, fagsjef, arkivleiar, informasjonssjef) er 53 pst. kvinner. Dette ligg innafor Hovudavtalens mål om 40 pst. kvinner i leiarstillingar innafor definert leiarstillingsgruppe. Gjennom rekrutteringsverktøya til Statens helsetilsyn har søkjarar mulegheit til å vise om vedkommande har nedsett funksjonsevne eller framandkulturell bakgrunn. Søkjarar som visar til dette og innehar den bakgrunn som etterspørjast i etatens kunngjøringar blir innkalla til intervju.
Statens institutt for rusmiddelforsking hadde ved utløpet av 2011 til saman 44 tilsette, 68 pst. kvinner. I leiinga var det fire kvinner og to menn. Det er små lønsskilnadar mellom kvinner og menn. Sirus har fleire likestillingstiltak, mellom anna kjønnsnøytrale kriterium for lønnsfastsetting. Kvinner skal ha same høve som menn til å ivareta leiarfunksjonar, og kvinner skal ha same høve til å arbeide med kvalifiserande arbeidsoppgåver. Slik fordelinga av kvinner og menn er ved instituttet, og slik arbeids- og lønnsvilkåra er fordelt, er det ikkje nødvendig å setje inn ytterligare tiltak.
Statens legemiddelverk har fleire kvinnelege tilsette enn menn, og legg vekt på å jamne ut dette. Kvinnelege tilsette utgjer 73 pst. av arbeidsstokken, medan toppleiargruppa har 67 pst. og mellomleiargruppa har 70 pst. kvinner. Etaten har gjennomført fleire tiltak for å få auka likestilling og forhindre diskriminering. Ein tydeleg livsfasepolitikk og utstrakt bruk av verkemidlar for å unngå redusert arbeidstid eller ulønna permisjon er viktige tiltak. For å sikre god praksis og utvikling på dette området gjennomfører Legemiddelverket interne undersøkingar, der likestilling og mangfald er tema.
I Statens strålevern er det samla sett ein jamn kjønnsbalanse. I gjennomsnitt tener kvinner om lag 8 pst. mindre enn menn. Det er ingen vesentleg forskjell i løna for kvinner og menn i same stilling. Hovudårsaka til lønnsskilnaden er færre kvinner i overordna stillingar. Det er ingen vesentleg forskjell på kvinner og menn når det gjeld mellombels tilsetjing, om lag 15 pst., eller uttak av foreldrepermisjon. Om lag 8 pst. av menn har deltidsstilling, for kvinnene er motsvarande del 14 pst. Sjukefråværet har i snitt vore 2–4 pst., om lag 1 pst. høgare for kvinner. Utfordringa med tanke på likestilling for Statens strålevern er særleg å rekruttere kvinner til dei overordna stillingane. Ein handlingsplan for likestillingsarbeidet inngår i Strålevernet sin løns- og personalpolitikk.
Årsrapportane for verksemdene under Helse- og omsorgsdepartementet inneheld nærare omtale av likestilling.
6.3 Omtale av tilsettingsvilkåra til leiarar i heileigde statlege verksemder
Administrerande direktør i Helse Sør-Øst RHF har i rekneskapsperioden 2011 motteke løn på 2 122 161 kroner, mens andre ytingar summerer seg til 7470 kroner. Pensjonsutgiftene til administrerande direktør utgjorde 243 223 kroner. Administrerande direktør har ordinære pensjonsvilkår via KLP og har ingen avtale om tilleggspensjon. Dersom administrerande direktør, i samråd med styret, vel å slutte i stillinga si, vil vedkommande få utbetalt 12 månaders etterløn frå dato for fråtreding. Dersom administrerande direktør har anna inntekt i etterlønsperioden, blir etterløn redusert tilsvarande. Det er ikkje gitt lån/sikkerheitsstilling til administrerande direktør.
Administrerande direktør i Helse Vest RHF har i rekneskapsperioden 2011 motteke løn på 1 983 000 kroner, mens andre ytingar summerer seg til 15 000 kroner. Pensjonsutgiftene til administrerande direktør utgjorde 502 000 kroner. I dette beløpet inngår kostnader knytt til pensjon utover kollektiv pensjonsordning. Det er ikkje inngått avtale om sluttvederlag eller liknande for administrerande direktør. Det er ikkje gitt lån/sikkerheitsstilling til administrerande direktør.
Administrerande direktør i Helse Midt-Noreg RHF har i rekneskapsperioden 2011 motteke løn på 1 631 000 kroner, mens andre ytingar summerer seg til 150 000 kroner. Pensjonsutgiftene til administrerande direktør utgjorde 215 000 kroner. Pensjonskostnadene til administrerande direktør er i det heile knytt til kollektiv pensjonsordning i KLP. Ved avgang etter oppmoding frå styret har administrerande direktør krav på løn i oppseiingstida som er 6 månader. Ved fylte 60 år kan det inngåast ein avtale mellom administrerande direktør og styret om avgang frå stillinga som administrerande direktør. Ved fråtreding etter dette vedtaket, skal det regionale helseføretaket arbeide for å tilby arbeidstakaren anna relevant stilling i føretaksgruppa. Løn og andre vilkår vil bli ført vidare ved fråtreding.
Administrerande direktør i Helse Nord RHF har i rekneskapsperioden 2011 motteke løn på 1 665 000 kroner, mens andre ytingar summerer seg til 8000 kroner. Pensjonsutgiftene til administrerande direktør utgjorde 218 000 kroner. Administrerande direktør har ordinære pensjonsvilkår via KLP og har ingen avtale om tilleggspensjon. I tillegg til løn tener administrerande direktør opp halvannan månads studie- og oppdateringspermisjon for kvart heile år i funksjon som administrerande direktør. Dersom administrerande direktør må fråtre, eller sjølv vel å slutte i stillinga si, pliktar Helse Nord RHF å betale løn i 6 månader ut over vanleg oppseiingstid.
Administrerande direktør i Norsk Helsenett SF har i rekneskapsperioden 2011 motteke løn på 1 257 675 kroner, mens andre ytingar summerer seg til 18 143 kroner. Pensjonsutgiftene til administrerande direktør utgjorde 91 278 kroner. Administrerande direktør har ordinære pensjonsvilkår via KLP og har ingen avtale om tilleggspensjon. Dersom styret oppmodar administrerande direktør om å si opp stillinga si, eller administrerande direktør i samråd med styrets leder/styre vel å si opp stillinga si utan at det ligg føre sakleg grunn til oppseiing eller avskjed, har administrerande direktør i tillegg til løn i oppseiingstida krav på sluttvederlag i 9 månader etter oppseiingstida sitt utløp. Dersom administrerande direktør i perioden for sluttvederlag, men etter utløpet av ordinær oppseiingstid, har anna inntekt, skal sluttvederlaget reduserast krone for krone. Det er ikkje gitt lån/sikkerheitstilling til administrerande direktør.
Administrerande direktør i AS Vinmonopolet hadde per 31. desember 2011 ei årsløn på 1 999 913 kroner. I tillegg til løna har administrerande direktør faste godtgjersler på 179 000 kroner i året. Vinmonopolet innførde i 2007 ei leiarpensjonsordning som finansierast over drift. Total pensjonskostnad for administrerande direktør i 2011 var 764 000 kroner. I samband med justering av løna i 2011 blei pensjonsalder for administrerande direktør auka frå 65 til 66 år.