Prop. 1 S (2011–2012)

FOR BUDSJETTÅRET 2012 — Utgiftskapittel: 200–288 og 2410 Inntektskapittel: 3200–3288, 5310 og 5617

Til innhaldsliste

1 Tilsetjingsvilkår for leiarar i heileigde statlege føretak

Arbeidsforskningsinstituttet AS

Dagleg leiar fekk i 2010 ei samla godtgjering på 816 854 kroner og del av pensjonspremie på 117 914 kroner. Ved overgang til aksjeselskap vart dei opparbeidde rettane i Statens pensjonskasse førte vidare. Dei årlege innbetalingane til Statens pensjonskasse skal dekkje plikta til selskapet.

HiST kompetanse AS

Dagleg leiar fekk 123 509 kroner i lønn i 2010.

NCE Subsea drift AS

Dagleg leiar fekk 964 396 kroner i lønn i 2010. Selskapet har ei tenestepensjonsordning som fyller krava i lov om obligatorisk tenestepensjon.

Norsk samfunnsvitenskapelig datatjeneste AS

Administrerande direktør fekk 915 847 kroner i lønn og 21 549 kroner i andre godtgjeringar i 2010. Pensjonskostnader vart dekte med 83 266 kroner.

Administrerande direktør har ikkje rett til bonus, overskottsdeling eller opsjonar, og heller ikkje til særlege ytingar ved opphør av tilsetjingsforholdet.

NTNU samfunnsforskning AS

Dagleg leiar fekk 867 489 kroner i lønn i 2010. Pensjonsutgifter vart dekte med 79 120 kroner.

NTNU Technology Transfer AS

Dagleg leiar fekk 1 244 045 kroner i lønn og 110 996 kroner i andre godtgjeringar i 2010. Selskapet har ei pensjonsordning for alle tilsette som fyller krava i lov om obligatorisk tenestepensjon.

Sem gjestegård AS

Dagleg leiar fekk 644 194 kroner i lønn og 89 778 kroner i andre godtgjeringar i 2010. Dei tilsette i selskapet er omfatta av lov om obligatorisk tenestepensjon, og dei samla pensjonsutgiftene var 82 924 kroner.

Senter for innovasjon og bedriftsøkonomi AS

Dagleg leiar fekk utbetalt 269 166 kroner i lønn og 3 243 kroner i andre godtgjeringar i 2010.

Senter for økonomisk forskning AS

Dagleg leiar har i 2010 fått utbetalt lønn på 235 000 kroner.

Simula Research Laboratory AS

Administrerande direktør fekk 1 365 579 i lønn og 199 580 kroner i andre godtgjeringar i 2010. Selskapet har òg ei pensjonsforsikring for administrerande direktør som er kostnadsført med 261 712 kroner.

UNINETT AS

Administrerande direktør fekk 1 085 483 kroner i lønn og 7 876 kroner i andre godtgjeringar i 2010. Til finansiering av førtidspensjon for administrerande direktør vart det oppretta ei livrente med innskott på 3 mill. kroner i 2003. Netto kostnadsført i 2010 er 292 223 kroner.

Unirand AS

Administrerande direktør fekk 188 243 kroner i lønn i 2010. Administrerande direktør har ikkje avtale om sluttvederlag, og selskapet har ikkje bonus- eller opsjonsordning. Det er ikkje gitt lån eller stilt sikring for administrerande direktør.

Universitetssenteret på Svalbard AS

Lønn til administrerande direktør er i 2010 utbetalt med 929 517 kroner. Delen til selskapet til pensjon er ført som utgift med 79 310 kroner. Selskapet har tenestepensjonsordning i Statens pensjonskasse. Pensjonsordninga er ein ytingsplan for selskapet. Det er ikkje rekna eit eige fiktivfond for selskapet.

Vangslund AS

Dagleg leiar fekk 178 761 kroner i lønn og 2 545 kroner i andre godtgjeringar i 2010. Selskapet er ikkje pliktig til å ha tenestepensjonsordning etter lov om obligatorisk tenestepensjon.

Følgjande heileigde selskap har ingen tilsette

Rya gods og skoger AS, Universitetet i Bergen eiendom AS.