Prop. 1 S (2011–2012)

FOR BUDSJETTÅRET 2012 — Utgiftskapittel: 200–288 og 2410 Inntektskapittel: 3200–3288, 5310 og 5617

Til innhaldsliste

Del 1
Oversikt over budsjettforslaget frå Kunnskapsdepartementet

1 Hovudinnleiing

1.1 Kunnskapsnasjonen Noreg

Regjeringa har som visjon at Noreg skal vere eit leiande kunnskapssamfunn der ulike menneske får like moglegheiter. Menneske er Noregs viktigaste ressurs. I Noreg utgjer den menneskelege kapitalen om lag 75 pst. av nasjonalformuen. Å gi kvar enkelt moglegheit til å utvikle seg heile livet er viktig for vidareutviklinga av kunnskapssamfunnet og er heilt sentralt for å sikre eit kunnskapsbasert arbeids- og næringsliv.

I formålsparagrafen for barnehagane og skolane ligg eit breitt samfunnsmandat og eit tydeleg verdigrunnlag. I lys av hendingane 22. juli står det å arbeide for toleranse og aksept for mangfaldet i det norske samfunnet, for gode og inkluderande fellesskap, fram som svært sentrale oppgåver for utdanningsinstitusjonane. Kunnskap, kritisk refleksjon, kjeldekritikk, vitskapleg metode og meiningsbryting er kjerneverdiar i høgre utdanning og forsking. Dette er også verdiane som skapar motvekt mot fordommar og kunnskapsløyse som kan ende i frykt og hat.

Regjeringa har som ei av sine viktigaste prioriteringar å satse på utdanning og kunnskap og å styrkje den evna utdanningssystemet har til å motverke sosiale forskjellar gjennom å leggje vekt på tidleg innsats og livslang læring. Regjeringa vil gi eit godt barnehagetilbod til alle barn og satse på kvalitet og mangfald i fellesskolen. Alle barn skal oppleve meistring og utfordringar i skolen og tileigne seg grunnleggjande dugleikar.

Regjeringa har sett i verk tiltak mot fråfall i vidaregåande opplæring slik at unge kan gå inn i arbeidslivet eller ta høgre utdanning. Vaksne som treng det, skal få sjansen til å skaffe seg naudsynt kompetanse for å tilpasse seg omstillingar i arbeidslivet eller fullføre opplæring. Gjennom å leggje vekt på tidleg innsats i barnehage og skole, auka fullføring av vidaregåande opplæring og livslang læring skal utdanningssystemet gi alle likeverdige moglegheiter til å utvikle evnene sine og medverke til å jamne ut sosiale forskjellar.

Utdannings- og forskingssektoren må svare på dei behova arbeids- og samfunnslivet har for kunnskap og kompetanse. Vi har eit kunnskapsintensivt arbeidsliv der det er stadig fleire jobbar som krev vidaregåande eller høgre utdanning. Noreg vil trenge både fleire personar med relevant fagopplæring og med høgre utdanning i framtida. Vidareutvikling av velferdssamfunnet er avhengig av arbeidskraft med god og oppdatert kompetanse. Noreg står framfor mange krevjande oppgåver. Kunnskap vil vere avgjerande for å kunne møte globale og nasjonale utfordringar knytte til miljø og klima, helse og velferd og verdiskaping. Noreg skal vere blant dei fremste når det gjeld å utvikle, dele og ta i bruk ny kunnskap. Forskinga skal utvide grensene for vår erkjenning, skaffe fram kunnskap som kan auke verdiskaping og velferd, og svare på samfunnsutfordringane. Utdanning og forsking stimulerer også til demokratisk deltaking, kulturell utvikling og til auka sjølvkjensle og identitet hos enkeltmennesket.

Ein utdannings- og forskingssektor av høg kvalitet er ein av dei viktigaste føresetnadene for utviklinga av kunnskapssamfunnet. Den norske utdannings- og forskingssektoren skal

  • gi alle like moglegheiter til læring, utvikling og deltaking, og medverke til sosial utjamning

  • svare på samfunnets behov for kunnskap og arbeidskraft

  • medverke til eit kunnskapsbasert arbeids- og næringsliv og til å løyse globale utfordringar

Gi alle like moglegheiter til læring, utvikling og deltaking, og medverke til sosial utjamning

Dei sosiale forskjellane i Noreg er små samanlikna med i andre land. Utdanningssystemet speler ei avgjerande rolle for å medverke til sosial utjamning og like moglegheiter for alle uavhengig av sosial bakgrunn. Trass i dette er det gjennomgåande sosiale forskjellar i utdanningssystemet som ikkje kan aksepterast. Det er forskjellar i læringsutbytte i grunnskolen, fråfall i vidaregåande opplæring og sosialt skeiv rekruttering til høgre utdanning. Regjeringa vil styrkje den evna utdanningssystemet har til å motverke sosiale forskjellar, gjennom å leggje grunnlaget for livslang læring, og legg derfor vekt på kvalitetsutvikling og tidleg innsats i alle ledd i utdanningssystemet.

Eit godt barnehagetilbod er med på å gi barn ein god start i livet. Førskolealderen er ein læringsintensiv fase, og grunnlaget for deltaking i sosiale fellesskap, for vennskap og for vidare utvikling og læring blir lagt i tidlege barneår. Regjeringa har følgt opp barnehageforliket i Stortinget og har lagt til rette for at foreldrebetalinga for ein barnehageplass er redusert med 31 pst. sidan 2005. Frå 2009 har alle barn rett til barnehageplass, jf. Innst. O. nr. 69 (2007–2008) og Ot.prp. nr. 52 (2007–2008).

Regjeringa vil sikre eit likeverdig barnehagetilbod av høg kvalitet i alle barnehagar, styrkje barnehagen som lærings- og danningsarena og sikre at alle barn får delta aktivt i eit inkluderande fellesskap. Frå 2011 vart hovuddelen av dei statlege tilskotta til barnehagar innlemma i rammetilskottet til kommunane. For å leggje til rette for høg og likeverdig kvalitet i både kommunale og ikkje-kommunale barnehagar i ein rammefinansiert sektor vil regjeringa halde fram med opptrappinga mot full likeverdig behandling av alle barnehagar i Noreg.

Den viktigaste faktoren for å skape høg kvalitet i barnehagen er kompetansen til personalet. Det har vore ein kraftig vekst i barnehagesektoren i dei seinare åra. I lys av dette er det stadig viktigare at talet på pedagogar i barnehagen blir auka. Talet på styrarar og pedagogiske leiarar med pedagogisk utdanning har auka med 3 219 personar frå 2008 til 2010. Trass i dette er det framleis utfordringar med å rekruttere nok pedagogar i mange fylke. Den låge søkninga til førskolelærarstudiet er òg ei utfordring. Regjeringa vil halde fram arbeidet med å auke kompetansen til personalet i barnehagen for å sikre eit tilgjengeleg barnehagetilbod av høg kvalitet. God kvalitet er nær knytt til god leiing i barnehagane. Hausten 2011 starta Kunnskapsdepartementet derfor ei deltids leiarutdanning for styrarar i barnehage med ein kapasitet på 300 studieplassar.

Grunnleggjande dugleikar har stor betydning for prestasjonar i alle fag og er vesentlege for å klare seg godt seinare i livet. Regjeringa har derfor sett i verk fleire tiltak som skal sikre at alle barn lærer å lese og rekne i løpet av dei første skoleåra, og at elevane utviklar desse dugleikane vidare i utdanninga. Skoledagen er utvida, og det er lagt til rette for ein meir heilskapleg skoledag for å oppnå meir og betre læring for alle elevar uavhengig av sosial bakgrunn. Frå 2008 er timetalet utvida med fem veketimar på dei fire lågaste trinna, i kjernefaga norsk, matematikk og engelsk. Frå 2010 er timetallet utvida med ytterlegare ein veketime for 1.–7. trinn. I tillegg er det frå 2010 innført eit tilbod om åtte timar gratis leksehjelp til elevar på 1.–4. trinn.

PISA-undersøkinga testar 15-åringar i lesing, naturfag og matematikk. I slutten av 2010 vart resultata frå PISA 2009 lagde fram. Resultata syner ein tydeleg framgang frå 2006 i alle kompetansane, men størst i lesing. Regjeringa ser likevel eit betydeleg forbetringspotensial. Til dømes tyder den låge delen av norske elevar som presterer på høgste nivå, på at opplæringa ikkje blir tilpassa i tilstrekkeleg grad verken dei fagleg sterke eller fagleg svake elevane.

Våren 2011 la regjeringa fram Meld. St. 18 (2010–2011) Læring og fellesskap om tidleg innsats og betre læring for elevar med særskilde behov. Meldinga avdekkjer blant anna at bruken av spesialundervisning aukar gjennom grunnskolen. Dette tyder på at det er behov for auka satsing på tidleg innsats for å sikre at alle elevar får tilpassa opplæring og nødvendig tilrettelegging tidleg i utdanningsløpet. Dette vil kunne redusere behovet for spesialundervisning. Det viktigaste målet i stortingsmeldinga er at kvaliteten i både spesialundervisning og ordinær undervisning blir styrkt.

Boks 1.1 Gnist – partnarskap for ei heilskapleg lærarsatsing

Læraren er avgjerande for kvaliteten i grunnopplæringa. Regjeringa har derfor satsa breitt for å styrkje kvaliteten i lærarutdanningane og for å utvikle lærarprofesjonen vidare. Partnarskapen Gnist er eit femårig samarbeid mellom Kunnskapsdepartementet, Utdanningsforbundet, KS, LO, NHO, Pedagogstudentene i Utdanningsforbundet, Norsk Studentorganisasjon, Norsk Lektorlag, Skolenes landsforbund, Norsk Skolelederforbund, Nasjonalt råd for lærerutdanning og Elevorganisasjonen.

Partnarane i Gnist har desse hovudmåla for satsinga fram mot 2014:

  • auka status for læraryrket

  • auka kvalitet i lærarutdanningane

  • auka kvalitet i lærarprofesjonen

  • auka kvalitet i skoleleiinga

  • auka rekruttering til lærarutdanningane og læraryrket

Kompetansen til lærarane er den enkeltfaktoren som har mest å seie for læringa til elevane dersom ein ser bort frå den sosiale bakgrunnen deira. Gnist-partnarskapen er etablert for å gi dei ulike tiltaka retta mot lærarutdanninga og læraryrket ein felles overbygning. Eit varig system for vidareutdanning for lærarar er etablert og vil bli utvikla vidare i samråd med partar i Gnist-partnarskapen.

Regjeringa registrerer ein gledeleg auke i kvalifiserte søkjarar til lærarutdanningane i dei seinare åra.

I perioden 2008–11 er talet på kvalifiserte søkjarar med lærarutdanning som førsteval, auka med 45 pst. Til samanlikning har søkinga til høgre utdanning totalt auka med 28 pst. i same perioden. Søkinga til femårig integrert lærarutdanning er auka med 54 pst., til grunnskolelærarutdanningane med 46 pst. og til faglærarutdanninga med 29 pst. I absolutte tal betyr dette 1 385 fleire kvalifiserte søkjarar enn i 2008. Vidare er det òg gledeleg at statusen til lærarprofesjonen er aukande i den unge delen av befolkninga. Medan 16 pst. i aldersgruppa 18–25 sa at læraryrket var attraktivt i 2009, var tilsvarande tal på 25 pst. i 2011. Dette er ei signifikant auke i attraktiviteten til læraryrket. Dei gledelege resultata for søking og attraktivitet må sjåast både i samanheng med satsinga på ny lærarutdanning, betre tilbod om vidareutdanning og den kampanjen som har vore gjennomført.

Lærarkampanjen vil i dei neste åra ha ei anna innretning enn kampanjen dei første tre åra. Framover ønskjer regjeringa ei enno sterkare satsing på omdømet til lærarprofesjonen og å auke inntakskvaliteten i lærarutdanningane.

Våren 2011 har regjeringa også lagt fram Meld. St. 22 (2010–2011) Motivasjon – Mestring – Muligheter om ungdomstrinnet. Meldinga syner at det er ein låg og fallande motivasjon på ungdomstrinnet. Medan 60 pst. liker skolearbeidet godt eller svært godt på 7. trinn i 2010, er det berre 37 pst. av elevane som opplever det same på 10. trinn. Låg motivasjon fører til låg innsats og svake resultat. Samanhengen mellom grunnleggjande dugleikar, gjennomføring av vidaregåande opplæring og deltaking i arbeidslivet er godt dokumentert i St.meld. nr. 16 (2006–2007) …og ingen sto igjen. Tidlig innsats for livslang læring. Mangelfulle grunnleggjande dugleikar frå grunnskolen er den viktigaste årsaka til fråfall i vidaregåande opplæring. Styrking av ungdomstrinnet inneber derfor tidleg innsats mot fråfall i vidaregåande opplæring. Ungdomstrinnet har også ein viktig eigenverdi og representerer tre viktige år i ungdomstida.

Forskingsbasert kunnskap er avgjerande for at utdannings- og opplæringssektoren skal utvikle seg vidare i tråd med krava og behova i sektoren og i samfunnet. Regjeringas satsing på utdanningsforsking skal medverke til å styrkje læringa og kvalitetsutviklinga i sektoren, gi meir kunnskap om tiltak og verkemiddel, og stimulere til betre kunnskapsoverføring frå forskinga til praksisfeltet i barnehage, skole og høgre utdanning. Satsinga vil leggje grunnlaget for å utvikle vidare den vitskaplege kvaliteten, særleg ved institusjonane for lærarutdanning.

Moglegheita til å lære gjennom heile livet er viktig for at menneske skal ha kontroll over sitt eige liv og meistre kvardagen sin. Livslang læring finn stad på mange arenaer. Mange vaksne har dårlege grunnleggjande dugleikar i lesing, skriving, rekning og IKT, noko som gjer det vanskeleg å fungere i arbeidslivet og i samfunnet. Regjeringa svarer på denne utfordringa blant anna gjennom Program for basiskompetanse i arbeidslivet (BKA). Tilskottsordninga er svært populær og medverkar til at dei som treng det mest, får opplæring i grunnleggjande lesing, skriving, rekning og IKT på arbeidsplassen sin. Sidan oppstarten i 2006 har det årlege søknadsbeløpet til programmet auka betydeleg. Utdanning er eit godt verkemiddel mot arbeidsløyse og utstøyting frå arbeidslivet. Regjeringa arbeider derfor for at fleire vaksne skal få sjansen til å fullføre vidaregåande opplæring. Det er òg ei viktig oppgåve å leggje til rette for etter- og vidareutdanning på høgre nivå for dei som ønskjer og treng det.

Det er eit mål for regjeringa at alle skal ha ein reell lik rett til utdanning. Støtteordningane gjennom Statens lånekasse for utdanning skal sikre at alle har moglegheit til å ta høgre utdanning, uavhengig av mellom anna økonomiske forhold. Grunnutdanninga ved statlege universitet og høgskolar i Noreg skal vere gratis.

Einskilde grupper kan ha behov for meir tilrettelegging for at dei fritt skal kunne velje utdanning. Regjeringa ønskjer blant anna å bidra til at fleire personar med nedsett funksjonsevne skal kunne ta utdanning. Det er innført ei ordning der studentar som ikkje kan arbeide ved sida av utdanninga på grunn av redusert funksjonsevne eller funksjonshemming, kan få utvida støtteperioden til tolv månader samt få eit ekstra månadleg stipend. Vidare kan studentar med redusert funksjonsevne som er forseinka ut over eitt år på grunn av manglande tilrettelegging i studiesituasjonen, få tildelt basisstøtta som stipend. Desse tiltaka skal medverke til at fleire personar med redusert funksjonsevne får høve til å ta høgre utdanning, og hindre at dei får større gjeld etter fullført utdanning.

Studentvelferd er òg viktig for å sikre at alle har ei reell lik moglegheit til utdanning. I dei seinare åra har regjeringa derfor prioritert bygging av studentbustader. Den kommande levekårsundersøkinga for studentar vil gi eit betre kunnskapsgrunnlag for studentvelferda i Noreg, og kunne danne basis for tiltak.

Svare på samfunnets behov for kunnskap og arbeidskraft

Statistisk sentralbyrås (SSB) framskriving av kunnskapsbehovet i framtida viser at behovet for ufaglært arbeidskraft har falle kraftig sidan 1970-åra og vil halde fram med det fram mot 2030. Talet på sysselsette i denne gruppa vil bli halvert frå i dag og fram til 2030. I lys av dette er det ei stor utfordring at dagens nivå for gjennomføring i vidaregåande opplæring berre er i underkant av 70 pst. Regjeringa starta derfor prosjektet Ny GIV – Gjennomføring i vidaregåande opplæring i statsbudsjettet for 2011. Ny GIV er ein nasjonal dugnad for å auke gjennomføringa i vidaregåande opplæring. Det er òg ei utfordring at om lag 20 pst. av dei vaksne i alderen 25–66 år har grunnskole som den høgste fullførte utdanninga si. Departementet har mellom anna sett i gang forsøk med vidaregåande opplæring for arbeidssøkjarar og vidaregåande opplæring for tilsette i helse- og omsorgssektoren.

Problemet med høgt fråfall er særleg stort innanfor fag- og yrkesopplæringa. Trass i at om lag halvparten av elevane i vidaregåande opplæring startar i eit yrkesfagleg utdanningsprogram, er det berre 15 pst. av eit ungdomskull som endar med fag- eller sveinebrev. Samtidig er etterspurnaden etter faglært arbeidskraft aukande. Styrking av kvaliteten i fag- og yrkesopplæringa er derfor avgjerande for å svare på samfunnets behov for kunnskap og arbeidskraft. Regjeringa har mellom anna sett i gang forsøk med praksisbrev. Praksisbrev er ei toårig praksisbasert opplæring som kan utvidast til fullt fagbrev utan forseinkingar. Det er utvikla forsøkslæreplanar i 16 fag og lagt til rette for at alle fylkeskommunar kan tilby praksisbrevet etter søknad. Sluttevalueringa frå NIFU viser at 80 pst. av kandidatane følgde opplæringa heile vegen, og fleirtalet av dei har ambisjonar om fullt fag- og sveinebrev.

Ifølgje framskrivingar frå SSB aukar aldersgruppa 19–29 år med 65 000 personar innan 2020. Dette gir Noreg eit unikt høve til å møte utfordringar i samband med omstillingar som tvingar seg fram med ei aldrande befolkning og nye næringar som skal erstatte petroleumsnæringa i framtida. Eit verkemiddel i den samanheng er å auke utdanningskapasiteten i høgre utdanning. På nasjonalt nivå kan det synast som at utviklinga i arbeidsmarknaden og næringslivet tilseier at vi vil trenge fleire lærarar, førskolelærarar, realistar, teknologar og økonomar, i tillegg til helse- og sosialfagleg kompetanse. Regjeringa var tidleg ute for å møte behovet for auka studiekapasitet. Institusjonane fekk tildelt om lag 4 200 fleire studieplassar i 2009 og 2 200 nye plassar i 2011. Med vidareføring og opptak av nye kull vil dette innebere ein auke på om lag 18 000 fleire studieplassar når desse er fullt utbygde i 2016, samanlikna med 2008.

Fleire rapportar frå Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT) peiker på behov for å styrkje arbeidet med kvalitet i ulike utdanningar. På dette grunnlaget har både Kunnskapsdepartementet og den enkelte institusjonen i dei siste åra gjennomført ei rekkje tiltak, mellom anna knytte til organisering og leiing av utdanningane, forskingskvalitet, kompetansen til fagpersonalet og samarbeid med arbeidslivet. Samarbeid, arbeidsdeling og fagleg konsentrasjon (SAK) er eit sentralt tiltak for regjeringa for å heve kvaliteten på utdanning og forsking gjennom meir profilerte institusjonar og meir robuste fagmiljø. Som følgje av løyvingane til SAK i budsjetta for 2010 og 2011 er det skipa nettverk og samarbeid mellom universitet og høgskolar i alle delar av landet.

Profesjonsutdanningane i helse- og sosialfag er viktige for kvaliteten på og utviklinga av den norske velferdsstaten. NAV-reforma, samhandlingsreforma og reforma i barnevernet har ført til endra kompetansebehov og krev derfor òg endringar i utdanningane. Reformene peiker på felles utfordringar for tenestene og behov for betre samspel mellom yrkesfelt og utdanning. Regjeringa vil leggje fram ei stortingsmelding om utdanning for velferdstenestene. Meldinga vil presentere ein samla nasjonal kunnskapspolitikk for framtidas helse-, sosial- og velferdsfaglege utdanningar.

Statleg finansiert utdanning må vere relevant for seinare arbeidsliv. Relevante utdanningar som førebur studentane på å gå ut i arbeidslivet, og som er forankra i forsking og praksiskunnskap, er viktig i eit samfunn der kunnskap ofte er avgjerande for å kunne realisere seg sjølv og delta i samfunnet. For å sikre god relevans er det viktig å sjå nærmare på samfunnsrolla til institusjonane. Som signalisert i Prop. 1 S (2010–2011) skal alle institusjonane opprette Råd for samarbeid med arbeidslivet (RSA) i løpet av 2011.

Kunnskapsdepartementet arbeider òg for å auke merksemda om den samfunnsrolla institusjonane har, mellom anna gjennom samfunnskontraktar. Formålet er å styrkje samspelet mellom universitet og høgskolar og samfunnet rundt, og korleis det kan bli betre. I 2010 vart det sett i gang ein pilotprosess for utvikling av ein samfunnskontrakt for mellom anna dei høgre utdanningsinstitusjonane i Nord-Noreg.

Nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk for høgre utdanning vart fastsett i 2009. Rammeverket inneber ei auka vektlegging av læringsutbyttet som kandidatane har etter avslutta utdanning, framfor ei tradisjonell vektlegging av innsatsfaktorane i utdanninga. Institusjonane har fått frist ut 2012 med å implementere kvalifikasjonsrammeverket.

St.meld. nr. 14 (2008–2009) Internasjonalisering av utdanning stadfesta at vår evne til å tiltrekkje oss gode internasjonale samarbeidspartnarar innanfor utdanning og forsking er avgjerande for utviklinga av vårt eige kunnskapssystem i åra som kjem. Ei internasjonalt retta utdanning, basert på god kvalitet og relevans, saman med auka internasjonal mobilitet i forskarutdanninga, er sentrale verkemiddel for å fremme utdannings- og forskingssamarbeid og gjere Noreg til ein attraktiv kunnskapsnasjon og samarbeidspartnar.

Medverke til eit kunnskapsbasert arbeids- og næringsliv og til å løyse globale utfordringar

Forsking gir oss ny kunnskap om oss sjølve og omgivnadene våre og medverkar til å utvikle kulturen og sivilisasjonen vår. Samstundes bringar forsking også fram kunnskap og løysingar som gjer det mogleg å forbetre samfunnet, løyse problem og medverke til økonomisk vekst. Forsking er ei langsiktig investering. Det at forskinga legg vekt på openheit, resultat som kan etterprøvast, og kritisk tenking, er med på å sikre eit velfungerande demokrati og ein konstruktiv samfunnsdebatt. Ny kunnskap har derfor ein klar verdi i seg sjølv.

Krava om at forsking skal utnyttast til det beste for samfunnet, aukar stadig. Fattigdom, behov for energi, klimaendringar, tap av biologisk mangfald, migrasjon og aukande press på matvareressursane i verda er dei største utfordringane i vår tid. Norsk forsking har gode føresetnader på fleire av desse felta og skal særleg medverke til å løyse globale utfordringar innanfor klima, miljø, energi, hav og mattryggleik.

I St.meld. nr. 30 (2008–2009) Klima for forskning sette regjeringa fem strategiske og fire tverrgåande mål som skal gjelde for forskingspolitikken. Forsking knytt til dei fem strategiske måla skal medverke til å møte globale utfordringar, velferdsutfordringar og leggje grunnlaget for verdiskaping i framtida. Dei fire tverrgåande måla er retta mot forskingssystemet: eit velfungerande forskingssystem, høg kvalitet i forskinga, auka internasjonalisering av forskinga og effektiv utnytting av ressursar til og resultat frå forskinga.

Miljø- og klimaendringar er ei av dei største utfordringane vi står framfor. Satsinga på forsking gjennom klimaforliket, mellom anna ved opprettinga av elleve forskingssenter for miljøvennleg energi (FME), har vore viktig for regjeringas oppfølging av dette området og vil framleis vere ei prioritering framover.

For at det norske forskingssystemet skal vere velfungerande og ressursane og resultata skal bli utnytta effektivt, er det naudsynt med samarbeid, arbeidsdeling og fagleg konsentrasjon (SAK) mellom institusjonane og dei ulike forskingsmiljøa. Infrastruktursatsinga til regjeringa er eit viktig tiltak i denne samanhengen og sikrar samstundes at dei norske forskingsmiljøa har tilgang på tidsriktige infrastrukturar nasjonalt og internasjonalt.

Satsinga på Senter for framifrå forsking (SFF) skal bidra til høg kvalitet i forskinga gjennom langsiktig og stabil finansiering av dei beste forskingsmiljøa. Ordninga med Senter for forskingsdriven innovasjon (SFI) styrkar innovasjonsevna gjennom å finansiere forskingssamarbeid mellom forskingsintensive bedrifter og framifrå forskingsmiljø. Slike kvalitetsfremmande verkemiddel vil framleis vere ein avgjerande del av norsk forskingspolitikk.

Noreg skal vere ein attraktiv kunnskapsnasjon og samarbeidspartnar, og internasjonalisering av forsking er eit hovudmål i norsk forsking. Deltaking i EUs rammeprogram og utviklinga av Det europeiske forskingsområdet (ERA) er ei sentral prioritering for internasjonalisering av norsk forsking.

I 2011 vart det løyvd 23,5 mrd. kroner til forsking og utvikling (FoU) over statsbudsjettet. Ut frå førebelse tal utgjer løyvingane til FoU over statsbudsjettet om lag 0,87 pst. av bruttonasjonalproduktet (BNP) i 2011. I tillegg til direkte FoU-løyvingar kjem tapte skatteinntekter og tilskott gjennom Skattefunn-ordninga. Samla offentleg FoU-finansiering inkludert Skattefunn er på om lag 24,8 mrd. kroner i 2011, noko som tilsvarer 0,92 pst. av BNP.

Når ein berre måler FoU-innsatsen som del av BNP, blir det teikna eit lite nyansert bilete av forskingsinnsatsen i Noreg. I forskingsmeldinga varsla regjeringa at ho vil supplere det overordna målet om at total FoU-innsats skal utgjere tre pst. av BNP for offentleg og privat forsking med andre ressursindikatorar som gir eit meir nyansert bilete av forskingsinnsatsen i Noreg. Rekna som del av fastlands-BNP utgjorde den samla FoU-innsatsen om lag 2,27 pst. i 2009. Noreg ligg på tolvte plass i OECD-området når det gjeld samla FoU-innsats per innbyggjar. Om ein ser på offentleg FoU-innsats aleine, ligg Noreg på ein andre plass. Samanlikna med dei fleste andre land har Noreg også ein høg del forskarar mellom dei sysselsette og er på sjette plass mellom OECD-landa målt ved FoU-årsverk per 1 000 sysselsette.

Det er krevjande å finne indikatorar som gir eit fullstendig bilete av korleis det står til med forskinga i Noreg. Det er mellom anna ei utfordring å finne fram til indikatorar som seier noko om resultata av forskinga og ikkje berre om innsatsen. I forskingsmeldinga slår regjeringa fast at ho vil etablere eit opplegg for ein meir systematisk gjennomgang av resultat og ressursar i norsk forsking. I 2011 lanserte Kunnskapsdepartementet for første gong Forskingsbarometeret – eit årleg barometer med 24 indikatorar for norsk forsking og innovasjon. Regjeringa har òg sett ned eit utval for god måloppnåing av offentleg finansiert forsking, Fagerbergutvalet, som leverte innstillinga si våren 2011. Innstillinga er sendt ut til høring, og innstillinga og innspela frå høringsrunden vil inngå i kunnskapsgrunnlaget til ei ny forskingsmelding i 2013.

For å få meir merksemd rundt dei innhaldsmessige sidene ved forskinga – og ikkje berre det som kan målast – har Kunnskapsdepartementet utropt 2011 til Vitskapsåret. Innspel frå Vitskapsåret vil òg gi viktige bidrag til den nye forskingsmeldinga, og dei ulike arrangementa i året blir organiserte og gjennomførte av alle nivåa i det norske forskingssystemet.

1.2 Hovudprioriteringar

Barnehagar

Hovudmåla til regjeringa på barnehagefeltet er likeverdig og høg kvalitet i alle barnehagar, at alle barnehagar skal vere ein god arena for omsorg og leik, læring og danning, og at alle barn skal få delta aktivt i eit inkluderande fellesskap.

Målet om full barnehagedekning er nådd, og finansieringsansvaret for barnehagane er overført til kommunane. Regjeringa vil likevel føre vidare den statlege satsinga på barnehagar. I statsbudsjettet for 2012 foreslår regjeringa å auke løyvingane med om lag 522 mill. kroner, som skal gå til lågare pris og likeverdig behandling av kommunale og ikkje-kommunale barnehagar.

Det er eit mål for regjeringa at foreldrebetalinga skal vere så låg at alle som ønskjer det, skal ha råd til å betale for ein barnehageplass. Kunnskapsdepartementet foreslår å føre vidare maksimalgrensa for foreldrebetalinga på same nominelle nivå som i 2011. Det er foreslått å løyve om lag 234 mill. kroner til dette formålet i 2012. Inkludert heilårseffekten av nominell vidareføring av maksimalprisen i statsbudsjettet for 2011, foreslår regjeringa ei samla løyving på 360 mill. kroner til lågare pris i barnehagen.

Regjeringa vil sikre ikkje-kommunale barnehagar gode driftsvilkår i ein rammefinansiert sektor. Kunnskapsdepartementet foreslår derfor å auke minimumstilskottet til ikkje-kommunale barnehagar frå 91 til 92 pst. frå 1. august 2012. Det er foreslått å løyve 28,5 mill. kroner til formålet i 2012. Auka tilskott til ikkje-kommunale barnehagar vil leggje til rette for å jamne ut skilnadene i lønns- og arbeidsvilkår mellom tilsette i kommunale og ikkje-kommunale barnehagar. Inkludert heilårseffekten av opptrappinga av minimumstilskottet i statsbudsjettet for 2011, foreslår regjeringa ei samla styrking av tilskottet til ikkje-kommunale barnehagar på om lag 162 mill. kroner.

Satsinga på å auke kompetansen til tilsette i barnehagane og rekruttere fleire pedagogar, vil bli ført vidare i 2012. Totalt vil det i 2012 bli nytta over 120 mill. kroner til tiltak for å fremme kvaliteten i barnehagane. Departementet vil mellom anna ha ein større fireårig rekrutteringskampanje for førskolelærarutdanninga retta mot unge utdanningssøkjande.

Grunnopplæringa

Regjeringa arbeider for ei grunnopplæring av høg kvalitet. Målsetjinga er betre læring for alle elevar, slik at skolen kan medverke til å jamne ut sosiale forskjellar. I statsbudsjettet for 2012 foreslår regjeringa ei samla styrking av grunnopplæringa på om lag 152 mill. kroner.

Regjeringa foreslår å løyve 66,8 mill. kroner til innføring av valfag på ungdomstrinnet, jf. Meld. St. 22 (2010–2011) Motivasjon – Mestring – Muligheter. Valfag er foreslått innført på 8. trinn hausten 2012, og det blir tatt sikte på å utvide tilbodet til 9. og 10. trinn frå hausten 2013 og 2014. Dei totale kostnadane er anslått til 470 mill. kroner.

Regjeringa foreslår å løyve ytterlegare 15 mill. kroner til tiltak på ungdomstrinnet som skal medverke til lågare fråfall i vidaregåande opplæring. Regjeringa vil utvide prosjektet Ny GIV til fleire kommunar. I tillegg vil Kunnskapsdepartementet i større grad prioritere kompetansemidlane til tiltak i Meld. St. 22 (2010–2011) Motivasjon – Mestring – Muligheter, som etterutdanning i klasseleiing, rekneopplæring og leseopplæring

I budsjettet for 2009 var det innført ei åtteårig ordning med rentekompensasjon for rehabilitering av og investering i skole- og symjeanlegg med ei investeringsramme på 15 mrd. kroner. I 2012 foreslår regjeringa å fase inn ytterlegare 2 mrd. kroner av ramma med ein budsjetteffekt på 70 mill. kroner. Frå innføringa av ordninga i 2009 til og med 2012 vil 9 mrd. kroner vere fasa inn i budsjetta.

Grunnleggjande dugleikar for vaksne

Vaksne med lite utdanning og svake grunnleggjande dugleikar deltek i liten grad i formell og ikkje-formell opplæring. For å få meir og betre kunnskap om årsakene til manglande deltaking i opplæring og om effektar av å delta i opplæring, vil departementet setje av 5 mill. kroner årleg i ein femårsperiode til forsking på vaksnes dugleikar og deltaking i opplæring.

For å få meir kunnskap om vaksnes dugleikar deltek Noreg i PIAAC – Den internasjonale undersøkinga om lese- og talforståing. Undersøkinga blir gjennomført i 26 land i 2011–12 og er den mest omfattande kartlegginga av vaksnes dugleikar som nokon gang er gjennomført. Data og innsikt frå undersøkinga vil medverke til å kunne målrette framtidige tiltak og satsingar innafor utdannings- og arbeidsmarknadspolitikken overfor vaksne med svake grunnleggjande dugleikar.

Program for basiskompetanse i arbeidslivet (BKA) skal medverke til å styrkje grunnleggjande dugleikar i lesing, skriving, rekning og IKT blant vaksne arbeidstakarar og arbeidssøkjarar. Bedrifter og offentlege verksemder kan søkje om å få tilskott til å gi tilsette opplæring i grunnleggjande dugleikar. Talet på kvalifiserte søknader og samla omsøkt beløp har auka jamt sidan BKA vart starta i 2006. Departementet foreslår å løyve om lag 83,8 mill. kroner til tilskottsordninga i 2012.

Regjeringa ønskjer at fleire vaksne skal bli rekrutterte til og fullføre grunnskole og vidaregåande opplæring. Det vil derfor bli arbeidd vidare med å betre forståinga for vaksnes rett til grunnopplæring, medrekna rett til realkompetansevurdering. Arbeidet med å styrkje tilsynet med rettane til vaksne etter opplæringslova, vil òg halde fram.

Høgre utdanning

God og stabil finansiering er avgjerande for at universitet og høgskolar skal kunne drive langsiktig kunnskapsutvikling og kunnskapsforvaltning av høg kvalitet innanfor eit breitt spekter av fagtilbod.

Kunnskapsdepartementet foreslår å løyve om lag 240 mill. kroner for å føre vidare og trappe opp med nye kull dei studieplassane som vart tildelte i 2009 og 2011. Dette medfører ein auke på om lag 2 600 studieplassar frå 2011 til 2012 og ein samla auke til om lag 18 000 nye plassar i 2016. Kunnskapsdepartementet foreslår òg å auke grunnløyvinga til universitet og høgskolar med om lag 28 mill. kroner i 2012 for å føre vidare dei nye grunnskolelærarutdanningane i kategori D i finansieringssystemet.

Ein føresetnad for å kunne tilby og utvikle forsking og utdanning av høg kvalitet er at det er formålstenlege bygg, ein god og effektiv infrastruktur og tilgang til det fremste av vitskapleg utstyr. Regjeringa foreslår å føre vidare midlar til nye bygg i sektoren, til vedlikehald og til utstyr. Det omfattar mellom anna om lag 196 mill. kroner i utstyrsmidlar til to byggjeprosjekt under oppføring og ei startløyving til nytt teknologibygg ved Universitetet i Tromsø på 30 mill. kroner i 2012. Startløyvinga vil bli foreslått gitt over budsjettet til Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet. Kunnskapsdepartementet foreslår vidare å løyve til saman 31,5 mill. kroner i husleigekompensasjon for bygg for sjukepleie ved Høgskolen i Oslo og Akershus og nytt bygg ved Høgskulen i Sogn og Fjordane.

Kunnskapsdepartementet vil føre vidare arbeidet med å skape ein meir robust og mangfaldig universitets- og høgskolesektor gjennom samarbeid, arbeidsdeling og fagleg konsentrasjon (SAK), og foreslår å føre vidare 50 mill. kroner til ulike SAK-prosessar i 2012.

Kunnskapsdepartementet vil auke kvaliteten i førskolelærarutdanninga gjennom å sikre ei god iverksetjing av ny rammeplan for utdanninga. Fleire forskjellige lærarutdanningar gir kompetanse for arbeid på 8.–13. trinn. Departementet vil arbeide vidare med utvikling av rammeplanar for den delen av lærarutdanninga som særleg er retta mot 8.–13. trinn. Departementet foreslår ei løyving på 10 mill. kroner til desse to formåla.

eCampus er eit prosjekt for å byggje ut og oppgradere IKT-infrastrukturen i universitets- og høgskolesektoren og er eit sentralt tiltak for å sikre tilgang på fleksibel og desentralisert utdanning i heile landet. Kunnskapsdepartementet foreslår ei løyving på 12 mill. kroner i 2012 for å styrkje programmet.

Forsking

Høg kvalitet i forskinga er grunnlaget for vidare utvikling av samfunnet. St.meld. nr. 30 (2008–2009) Klima for forskning legg vekt på at forskinga skal betre evna til å møte sentrale samfunnsutfordringar.

I statsbudsjettet for 2012 foreslår regjeringa å løyve totalt 25,5 mrd. kroner til forsking og utvikling (FoU), inkludert Skattefunn. Dette utgjer ein nominell auke på 822 mill. kroner samanlikna med 2011.

Stortingets intensjon da Fondet for forsking og nyskaping vart oppretta i 1999, var å sikre ei stabil og føreseieleg finansiering av forskingsløyvingane. Fondet består av 16 kapitalinnskott med ulik rente. Fondsavkastninga er basert på renta på statsobligasjonar med ti års bindingstid. Etter at fondet no har eksistert i ti år inneber det at det vil vere rentenivået som avgjer om avkastninga vil gå opp eller ned. Denne konstruksjonen gjer at avkastninga over tid blir uviss og lite føreseieleg, i motsetnad til det opphavlege føremålet til fondet. Regjeringa meiner at ein slik situasjon er uhaldbar. Regjeringa foreslår derfor at avkastninga frå Forskingsfondet blir ført vidare som ei ordinær løyving og at fondsmekanismen ikkje blir ført vidare. På denne måten blir ikkje nivået på forskingsløyvingane redusert som følgje av lågare rente også framover. Ein overgang til ordinær løyving vil også innebere at dei tidligare fondsfinansierte løyvingane vil bli justerte ut frå forventa lønns- og prisutvikling.

Departementet foreslår å løyve 20 mill. kroner i 2012 til utlysing av nye nasjonale forskarskolar for åtte år. Det er særleg viktig å styrkje doktorgradsutdanninga og forskingsaktiviteten innanfor profesjonsfaga. Desse skolane vil òg gjere det mogleg å styrkje oppfølginga av velferdsutdanningane og Strategiske høgskoleprosjekt II.

Kunnskapsdepartementet foreslår å styrkje Open arena for framifrå forsking (FRIPRO) med 100 mill. kroner. Dette skal sikre finansiering til dei beste forskingsmiljøa. Ordninga med Senter for forskingsdriven innovasjon (SFI) er ein annan viktig del av satsinga til regjeringa på forsking av høg kvalitet. Regjeringa foreslår at SFI blir styrkt med 30 mill. kroner.

Departementet vil følgje opp den nasjonale strategien for bioteknologi, som vil bli lagt fram hausten 2011, og foreslår ei strategisk satsing på bioteknologi på 85 mill. kroner. I tillegg foreslår departementet ei satsing på 26 mill. kroner for å auke deltakinga til institutta i EUs rammeprogram for forsking og teknologisk utvikling. Satsinga skal òg bidra til å styrkje samarbeidet mellom institutta og næringslivet.

Departementet foreslår å styrkje budsjettet til forskingsprogrammet Samfunnets kulturelle forutsetninger med 5 mill. kroner, samt ei styrking av forskingssatsinga på helsedata og humane biobankar med 10 mill. kroner. I tillegg blir det foreslått å auke basisløyvinga til dei samfunnsvitskaplege institutta med 5 mill. kroner, samt å inkludere Nansensenteret i ordninga med basisfinansiering for miljøinstitutta over budsjettet til Miljøverndepartementet.

Studentvelferd

Eit tilstrekkeleg tal studentbustader er viktig for at alle studentar kan få tilbod om ein rimeleg bustad medan dei er i utdanning. Departementet foreslår å løyve om lag 242 mill. kroner for å finansiere om lag 1 000 nye studentbustader i 2012.

Regjeringa meiner det er viktig å halde oppe kjøpekrafta til elevar, studentar og lærlingar gjennom utdanningsstøtta, og foreslår å auke satsane i støtteordningane til Lånekassen for å kompensere for prisutviklinga elles i samfunnet. Basisstøtta vil auke frå 80 000 kroner for undervisningsåret 2005–06 til 92 500 kroner for undervisningsåret 2012–13.

Departementet foreslår at unge som er forsørgde av barnevernet og som er i ettervern, og som bur i fosterheim eller barnevernsinstitusjon, skal få utdanningsstøtte til høgre utdanning på lik linje med studentar som bur saman med foreldra. Dette vil hjelpe denne gruppa til å få tilgang til utdanningsstøtte på same vilkår som andre unge, noko som vil gjere det lettare for dei å gjennomføre høgre utdanning. Departementet foreslår å løyve 50 000 kroner i rentestøtte til tiltaket, i tillegg kjem auka utlån på 4,4 mill. kroner i 2012.

I St.meld. nr. 14 (2008–2009) Internasjonalisering av utdanning vart det framheva at studentmobilitet er ei viktig side ved internasjonalisering av utdanning, og det vart omtalt at stimulering til å ta utdanning i for eksempel Russland og Kina burde gjerast i form av språktiltak. Departementet foreslår derfor ei forsøksordning med rett til utdanningsstøtte i opptil eitt år til språkutdanning i Kina, Russland, Brasil og India. Departementet foreslår å løyve 1,2 mill. kroner til tiltaket.

2 Oversikt over forslaget til budsjett for Kunnskapsdepartementet

Utgifter fordelte på kapittel

         

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2010

Saldert budsjett 2011

Forslag 2012

Pst. endr. 11/12

Administrasjon

200

Kunnskapsdepartementet

246 544

243 473

257 374

5,7

Sum kategori 07.10

246 544

243 473

257 374

5,7

Grunnopplæringa

220

Utdanningsdirektoratet

281 107

282 160

311 062

10,2

221

Foreldreutvala for grunnopplæringa og barnehagane

10 698

13 358

13 887

4,0

222

Statlege grunn- og vidaregåande skolar og grunnskoleinternat

106 899

105 137

86 430

-17,8

223

Sametinget

34 355

35 420

36 518

3,1

224

Senter for IKT i utdanninga

96 794

85 448

87 558

2,5

225

Tiltak i grunnopplæringa

1 082 409

1 114 784

1 140 048

2,3

226

Kvalitetsutvikling i grunnopplæringa

1 043 559

1 193 366

1 221 045

2,3

227

Tilskott til særskilde skolar

63 182

66 039

72 579

9,9

228

Tilskott til private skolar o.a.

2 853 625

3 068 936

3 091 206

0,7

229

Statens fagskole for gartnarar og blomsterdekoratørar

24 241

22 212

22 669

2,1

230

Kompetansesenter for spesialundervisning

729 498

700 261

718 545

2,6

Sum kategori 07.20

6 326 367

6 687 121

6 801 547

1,7

Barnehagar

231

Barnehagar

26 198 867

536 664

342 236

-36,2

Sum kategori 07.30

26 198 867

536 664

342 236

-36,2

Vaksenopplæring m.m.

252

EUs program for livslang læring

193 806

183 525

210 207

14,5

253

Folkehøgskolar

641 301

664 581

685 582

3,2

254

Tilskott til vaksenopplæring

204 358

211 700

208 541

-1,5

255

Tilskott til freds- og menneskerettssentra o.a.

58 806

62 917

65 383

3,9

256

Vox, nasjonalt fagorgan for kompetansepolitikk

58 800

60 403

64 296

6,4

257

Program for basiskompetanse i arbeidslivet

64 870

86 278

88 953

3,1

258

Tiltak for livslang læring

42 898

45 419

51 408

13,2

Sum kategori 07.50

1 264 839

1 314 823

1 374 370

4,5

Høgre utdanning og fagskoleutdanning

260

Universitet og høgskolar

23 421 430

25 037 200

26 091 046

4,2

270

Internasjonal mobilitet og sosiale formål for studentar

351 573

319 868

329 784

3,1

276

Fagskoleutdanning

55 158

56 868

3,1

280

Felles einingar

123 223

321 147

364 681

13,6

281

Felles tiltak for universitet og høgskolar

761 897

440 303

363 745

-17,4

Sum kategori 07.60

24 658 123

26 173 676

27 206 124

3,9

Forsking

283

Meteorologiformål

299 745

319 506

327 609

2,5

285

Noregs forskingsråd

1 461 705

1 440 422

2 688 103

86,6

286

Forskingsfond

6 266 232

4 426 573

219 000

-95,1

287

Forskingsinstitutt og andre tiltak

227 546

235 286

251 298

6,8

288

Internasjonale samarbeidstiltak

1 337 518

1 374 822

1 634 782

18,9

Sum kategori 07.70

9 592 746

7 796 609

5 120 792

-34,3

Utdanningsfinansiering

2410

Statens lånekasse for utdanning

26 011 180

28 199 101

30 842 354

9,4

Sum kategori 07.80

26 011 180

28 199 101

30 842 354

9,4

Sum utgifter

94 298 666

70 951 467

71 944 797

1,4

Utgifter fordelte på postgrupper

         

(i 1 000 kr)

Post-gr.

Nemning

Rekneskap 2010

Saldert budsjett 2011

Forslag 2012

Pst. endr. 11/12

01-29

Driftsutgifter

3 628 418

3 720 850

3 499 802

-5,9

30-49

Nybygg, anlegg o.a.

120 057

162 415

182 951

12,6

50-59

Overføringar til andre statsrekneskapar

28 799 477

32 092 993

33 644 354

4,8

60-69

Overføring til kommunesektoren

27 184 187

1 517 263

1 364 804

-10,0

70-89

Overføring til private

11 988 107

12 568 097

13 557 319

7,9

90-99

Utlån, avdrag o.a.

22 578 420

20 889 849

19 695 567

-5,7

Sum under departementet

94 298 666

70 951 467

71 944 797

1,4

Inntekter fordelte på kapittel

         

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2010

Saldert budsjett 2011

Forslag 2012

Pst. endr. 11/12

Administrasjon

3200

Kunnskapsdepartementet

6 516

1 805

-100,0

Sum kategori 07.10

6 516

1 805

-100,0

Grunnopplæringa

3220

Utdanningsdirektoratet

4 661

10 331

4 651

-55,0

3221

Foreldreutvala for grunnopplæringa og barnehagane

15

3222

Statlege grunn- og vidaregåande skolar og grunnskoleinternat

6 214

4 443

4 581

3,1

3224

Senter for IKT i utdanninga

2 060

2 281

2 352

3,1

3225

Tiltak i grunnopplæringa

76 264

67 437

50 423

-25,2

3229

Statens fagskole for gartnarar og blomsterdekoratørar

4 780

2 459

2 534

3,1

3230

Kompetansesenter for spesialundervisning

80 350

66 562

68 326

2,7

Sum kategori 07.20

174 344

153 513

132 867

-13,4

Vaksenopplæring m.m.

3256

Vox, nasjonalt fagorgan for kompetansepolitikk

15 545

10 943

11 282

3,1

Sum kategori 07.50

15 545

10 943

11 282

3,1

Høgre utdanning og fagskoleutdanning

3280

Felles einingar

1 171

2 020

1 172

-42,0

3281

Felles tiltak for universitet og høgskolar

424

37 250

10

-100,0

Sum kategori 07.60

1 595

39 270

1 182

-97,0

Forsking

3286

Forskingsfond

3 774 932

3 944 960

80 219 000

1 933,5

3287

Forskingsinstitutt og andre tiltak

21 503

21 500

209 100

872,6

3288

Internasjonale samarbeidstiltak

4 696

4 794

4 618

-3,7

Sum kategori 07.70

3 801 131

3 971 254

80 432 718

1 925,4

Utdanningsfinansiering

5310

Statens lånekasse for utdanning

12 016 674

12 076 723

13 291 758

10,1

5617

Renter frå Statens lånekasse for utdanning

3 411 169

4 606 550

4 824 476

4,7

Sum kategori 07.80

15 427 843

16 683 273

18 116 234

8,6

Sum inntekter

19 426 974

20 860 058

98 694 283

373,1

Inntekter fordelte på postgrupper

         

(i 1 000 kr)

Post-gr.

Nemning

Rekneskap 2010

Saldert budsjett 2011

Forslag 2012

Pst. endr. 11/12

01-29

Sal av varer og tenester o.a.

234 332

260 616

198 446

-23,9

50-89

Skatter, avgifter og andre overføringar

7 293 492

8 667 393

5 144 588

-40,6

90-99

Utlån, avdrag o. a.

11 899 150

11 932 049

93 351 249

682,4

Sum under departementet

19 426 974

20 860 058

98 694 283

373,1

3 Oppfølging av oppmodingsvedtak

I denne proposisjonen omtaler Kunnskapsdepartementet følgjande oppmodingsvedtak:

Vedtak nr. 228, 25. mars 2010. Vedtaket blir omtalt under innleiinga til programkategori 07.20.

«Stortinget ber Regjeringen vurdere tiltak som kan motvirke dagens kjønnsdelte arbeidsmarked og øke jenters og gutters reelle muligheter til å ta i bruk egne talenter gjennom utradisjonelle utdannings- og yrkesvalg.»

Vedtak nr. 13, 23. oktober 2008. Vedtaket blir omtalt under programkategori 07.20, kap. 230 post 01.

«Stortinget ber Regjeringen komme tilbake med forslag til tiltak slik at elever som trenger utvikling i talespråk, tegnspråk, alternativ kommunikasjon, supplerende kommunikasjon, eller en kombinasjon av disse, får innfridd sine rettigheter etter lovverket.»

Vedtak nr. 349, 27. mai 2009. Vedtaket blir omtalt under programkategori 07.20, kap. 230 post 01.

«Stortinget ber Regjeringen vurdere endring i opplæringsloven slik at elever som trenger utvikling i talespråk, tegnspråk, alternativ kommunikasjon, supplerende kommunikasjon, eller en kombinasjon av disse, sikres likeverdige rettigheter i lovverket.»

Vedtak nr. 350, 27. mai 2009. Vedtaket blir omtalt under programkategori 07.20, kap. 230 post 01.

«Stortinget ber Regjeringen å gjennomgå Statsped-systemet med sikte på å styrke og videreutvikle kompetansen om alternativ og/eller supplerende kommunikasjon (ASK), samt å vurdere å opprette ett eller flere nasjonale kompetansesentre for ASK.»

Vedtak nr. 502, 17. juni 2009. Vedtaket blir omtalt under innleiinga til programkategori 07.60.

«Stortinget ber Regjeringen gjennomgå forskningsetiske regler for master- og doktorgradsprogrammer når det gjelder forskning på barn og unge innenfor skjæringspunktet helse- og sosialforskning, og komme tilbake til Stortinget med dette på egnet måte.»

Vedtak nr. 171, 16. februar 2010. Vedtaket blir omtalt under innleiinga til programkategori 07.70.

«Stortinget ber Regjeringen fremme forslag som på egnet måte tydeliggjør den akademiske frihet for forskere ved institusjoner som ikke omfattes av universitets- og høyskoleloven.»