Prop. 1 S (2011–2012)

FOR BUDSJETTÅRET 2012 — Utgiftskapitler: 600–667, 2470, 2541–2542, 2620–2690 Inntektskapitler: 3600–3642, 5470, 5607, 5701–5705

Til innholdsfortegnelse

Del 3
Omtale av særlige tema

7 Handlingsplan mot fattigdom. Rapport og status

Regjeringa la saman med statsbudsjettet for 2007 fram ein handlingsplan mot fattigdom. Handlingsplanen inngår i ein samla politikk for sosial utjamning og inkludering og mot fattigdom saman med stortingsmelding om fordelingspolitikken, St. meld. nr. 9 (2006-2007) Arbeid, velferd og inkludering, St.meld. nr. 16 (2006-2007) …og ingen stod igjen – Tidlig innsats for livslang læring, St.meld. nr. 20 (2006-2007) Nasjonal strategi for å utjevne sosiale helseforskjeller, innsatsen for integrering og inkludering av innvandrarbefolkninga og Opptrappingsplan for rusfeltet. Sjå omtale av Regjeringa si innsats for betre fordeling og mot fattigdom i denne proposisjonen, del I og del II, resultatområde 2 Arbeid og velferd, delmål 6 Bedre levekårene for de vanskeligst stilte.

Handlingsplan mot fattigdom omfattar tiltak under fleire departement. I tillegg til tiltak på budsjettet til Arbeidsdepartementet er det sette i verk tiltak av Kunnskapsdepartementet, Kommunal- og regionaldepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet, Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet, Kulturdepartementet, Justis- og politidepartementet og Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet.

Under gis det ein kortfatta statusrapport på tiltak mot fattigdom som er sette i verk eller styrka i perioden 2006-2011 knytte til handlingsplan mot fattigdom. I budsjettproposisjonen for det enkelte departement er det ei meir utførleg omtale. Ein samla rapport finnast òg i trykt vedlegg til St.prp. nr. 1 (2008-2009) for Arbeids- og inkluderingsdepartementet: Handlingsplan mot fattigdom – status 2008 og styrka innsats.

Den særlege innsatsen mot fattigdom er knytt til dei tre delmåla i handlingsplanen:

  • Alle skal givast mogelegheiter til å komme i arbeid.

  • Alle barn og unge skal kunne delta og utvikle seg.

  • Betre levekåra for dei mest vanskelegstilte.

Delmål: Alle skal givast mogelegheiter til å komme i arbeid

Kvalifiseringsprogram for utsette grupper

Ansvarleg: Arbeidsdepartementet

Eit kvalifiseringsprogram med kvalifiseringsstønad blei innført frå 1. november 2007. Kvalifiseringsprogrammet er fasa inn i takt med etableringa av NAV-kontora og blei landsdekkjande frå 1. januar 2010. Frå 1. januar 2008 til utgangen av 2010 var det registrert om lag 21 700 søknader og fatta om lag 17 200 vedtak om program. Ved utgangen av 2010 deltok 8 800 personar i programmet. Frå 1. januar 2008 til utgangen av april 2011 var det registrert i underkant av 23 800 søknader om deltaking og fatta i underkant av 18 600 vedtak om program. Talet på deltakarar i programmet var 8 000 per 30. april 2011. Av dei om lag 5 000 deltakarane som gjennomførte programmet i perioden 2008 – 2010 gjekk 43 pst. til ordinært arbeid, utdanning eller andre arbeidsretta tiltak. For dei 1 275 som gjennomførte programmet i løpet av 1. tertial 2011 var delen noe lågare. Løyvinga til dekning av kommunale meirkostnader knytte til kvalifiseringsprogrammet er frå 2011 lagt inn i rammetilskotet til kommunane og gitt som ei særskilt fordeling. Sjå nærare omtale under kap. 621, post 62 i denne proposisjonen. Statlege arbeidsmarknadstiltak inngår i kvalifiseringsprogrammet. Arbeids- og velferdsetaten har eit bredt spekter av tiltak som omfattar m.a. oppfølging, kvalifisering og arbeidstrening.

Landsomfattande arbeidsmarknadssatsing for å motverke fattigdom

Ansvarleg: Arbeidsdepartementet

I 2003 blei det sett i gang ei satsing på målretta arbeidsmarknadstiltak for utvalde målgrupper i 31 kommunar. Satsinga blei seinare utvida med fleire kommunar og fleire tiltaksplassar, og blei i løpet av 2006 landsomfattande. Målgruppa er langtidsmottakarar av sosialhjelp, ungdom i alderen 20-24 år og einslege forsørgjarar som har sosialhjelp som hovudinntekt, innvandrarar som treng bistand for å komme i arbeid, og personar som mottek legemiddelassistert rehabilitering (LAR). Frå 2. halvår 2007 blei òg innsette i fengsel ein del av målgruppa. Det var i 2010 sette av om lag 5 700 plassar i arbeidsmarknadstiltak til kvalifiseringsprogrammet, arbeidsmarknadssatsinga og LAR. Ved utgangen av 2010 var det registrert i overkant av 4 400 personar i satsinga, av desse deltok 1 100 personar på arbeidsmarknadstiltak. Om lag 4 200 personar deltok på statlege arbeidsmarknadstiltak i kvalifiseringsprogrammet ved utgangen av 2010. Ved utgangen av 2010 var det òg registrert om lag 230 personar i LAR. Av desse deltok 120 på arbeidsmarknadstiltak.

Målgruppene for kvalifiseringsprogrammet og satsinga på målretta arbeidsmarknadstiltak er i stor grad dei same. Regjeringa fasar difor ut arbeidsmarknadssatsinga frå 2011. Personar som per 1. januar 2011 er registrerte som deltakarar, får eit tilbod innafor satsinga. Den særskilte satsinga på målretta arbeidsmarknadstiltak overfor personar som mottek legemiddelassistert rehabilitering, blir vidareført. I 2011 blei det til saman sett av om lag 5 700 plassar til arbeidsmarknadssatsinga, kvalifiseringsprogrammet og LAR. Dette omfanget blir vidareført i 2012.

Styrking av opplæringa innafor kriminalomsorga

Ansvarleg: Kunnskapsdepartementet

Innsette har eit stort behov for å styrkje realkompetansen for betre å meistre livet etter soning. Tal på fengselsplassar er dei siste åra auka og løyvingane til opplæring i kriminalomsorga er styrkt tilsvarande. Det er no opplæringstilbod ved 51 fengslar. I tillegg er det oppfølgingsklasser ti stader i landet. Sjå nærare omtale i Prop. 1 S (2011-2012) for Kunnskapsdepartementet.

Styrkje tilbakeføringa av innsette og domfelte til samfunnet

Ansvarleg: Justis- og politidepartementet mfl.

For å betre levekåra til innsette ved frigjeving, har Regjeringa innført ein tilbakeføringsgaranti. Sentralt i tilbakeføringsgarantien er bustad, mogelegheiter for arbeid eller opplæring og ved behov helsetenester og sosiale tenester. Arbeidet med å innføre tilbakeføringsgarantien er organisert som eit prosjekt som skal vare fram til 2013. I løpet av 2011 vil det bli tilsett 25 tilbakeføringskoordinatorar. Desse skal koordinere arbeidet i kriminalomsorga mot andre etatar. Sjå nærare omtale i Prop. 1 S (2011-2012) for Justis- og politidepartementet.

I 2009 blei det sett i gong eit treårig nasjonalt forsøk som har som formål å finne fram til modellar som sikrar innsette kontinuitet, integrerte tenester og tettare individuell oppfølging i overgang frå fengsel til fridom. Forsøket er eit samarbeid mellom Arbeids- og velferdsdirektoratet og Kriminalomsorga si sentrale forvaltning. Det vil m.a. bli prøvd ut metodar for å gjere innsette som har rett til kvalifiseringsprogram motiverte for å delta i programmet ved frigjeving. Sju lokale fengsel og NAV-kontor deltar. Dei foreløpige resultata viser at fleire enn tidligare har arbeid, bustad og andre tenester ved frigjeving. Arbeidsforskningsinstituttet skal evaluere forsøket.

I dag er det skuletilbod i alle fengsla. I samarbeid mellom arbeidsdrifta i fengsla og opplæringsstyresmaktene, blir det arbeidt med å dreie opplæringstilbodet frå allmennfagleg til meir yrkesfagleg opplæring. Fylkesmannen i Hordaland leier, etter oppdrag frå Kunnskapsdepartementet, prosjektet Tilbakeføring gjennom utdanning og arbeid i Rogaland og Troms. Dette inngår i Regjeringa si innsats for å styrkje tilbakeføringa av straffedømde til samfunnet. Prosjektet er eit samarbeid mellom utdanningsstyresmaktene, kriminalomsorga, Arbeids- og velferdsetaten, kommunane og frivillige organisasjonar. Prosjektet vil bli avslutta i 2012.

Om lag ein tredjedel av alle som blir sette i fengsel manglar bustad, og enda fleire er utan bustad ved frigjeving. Arbeid med å skaffe bustad før frigjeving er sentralt i Regjeringa si tilbakeføringsgaranti. Det er nå etablert bustadsamarbeidsavtaler med om lag 90 av dei største kommunane. Dette dekker i alt vesentleg behovet for avtaler fordi meir enn 90 pst. av dei som blir frigivne kjem frå dei største kommunane. Kriminalomsorga arbeider med å vedlikehalde, forbetre og følgje opp at avtalene blir følgde. Auka bruk av elektronisk kontroll er òg eit verkemiddel for at domfelte skal kunne oppretthalde ein tilfredsstillande bustad.

Styrking av Program for basiskompetanse i arbeidslivet (BKA)

Ansvarleg: Kunnskapsdepartementet

Program for basiskompetanse i arbeidslivet (BKA) skal medverke til å styrkje grunnleggjande lese-, skrive-, rekne- og IKT-dugleikar blant vaksne arbeidstakarar og arbeidssøkjarar slik at færre fell ut av arbeidslivet og fleire kan ta del i opplæring og utdanning. Bedrifter og offentlige verksemder kan søke om tilskot til opplæring i lesing, skriving, rekning og IKT for tilsette med svake grunnleggjande dugleikar. Opplæringa skal hovudsakleg vere knytt til deltakaranes arbeidsplass og arbeidsoppgåver. Programmet vert forvalta av Vox, nasjonalt fagorgan for kompetansepolitikk. Sidan BKA starta opp i 2006 har om lag 20 000 arbeidstakarar fått mogelegheit til å styrkje lese-, skrive-, rekne- og IKT-dugleikane sine gjennom programmet. I 2011 blei løyvinga til BKA auka med 10 mill. kroner. Sjå nærare omtale i Prop. 1 S (2011-2012) for Kunnskapsdepartementet.

Lovendring om vaksnes rett til utdanning

Ansvarleg: Kunnskapsdepartementet

Stortinget vedtok våren 2008 å utvide retten til vidaregåande opplæring for vaksne, jf. Ot.prp. nr. 40 (2007-2008). Bakgrunnen var at ei aukande gruppe vaksne fall utanfor vaksenretten, då denne berre gjaldt vaksne født før 1978 og som ikkje har fullført vidaregåande opplæring. Gjennom lovendringa har alle vaksne over 25 år rett til opplæring.

Betre ordning for studentar med nedsett funksjonsevne

Ansvarleg: Kunnskapsdepartementet

For å bidra til målet om like mogelegheiter til utdanning betra Regjeringa studiefinansieringa for studentar med nedsett funksjonsevne i 2011. For studentar som på grunn av nedsett funksjonsevne ikkje er i stand til å ta arbeid ved sidan av utdanninga eller i sommarferien blir det gitt eit ekstra månadleg stipend, samt at stønadsperioden er utvida til 12 månader. I tillegg blir heile basisstøtta gitt som stipend ved forseinking i utdanninga ut over eit år når det er dokumentert at forseinkinga skuldast manglande tilrettelegging og studenten ikkje har fullfinansiering frå folketrygda. Sjå nærare omtale i Prop. 1 S (2011-2012) for Kunnskapsdepartementet.

Delmål: Alle barn og unge skal kunne delta og utvikle seg

Heilskapleg skuledag, gratis leksehjelp

Ansvarleg: Kunnskapsdepartementet

På oppdrag frå Kunnskapsdepartementet gjennomfører Utdanningsdirektoratet eit prosjekt for å utvikle og prøve ut ulike modellar for ein skuledag med god samanheng mellom skule og skulefritidsordning (SFO). Modellane skal ha element av dagleg fysisk aktivitet, skulemat, leksehjelp og kulturelle aktivitetar. Modellane skal òg styrkje kvaliteten i SFO og sjå på betre samarbeid og ressursutnytting i ein heilskapleg skuledag. SFO skal støtte opp om læringa og læringsmiljøet til skulen. Seks kommunar deltek i prosjektet som skal vare ut 2012.

For å bidra til betre læring gjennom tidleg innsats innførte Regjeringa et tilbod om åtte veketimar gratis leksehjelp fordelte på 1. til 4. trinn frå og med hausten 2010. Dette er eit målretta tiltak for elever og foreldre som ønskjer ekstra støtte i læringa. Sjå nærare omtale i Prop. 1 S (2011-2012) for Kunnskapsdepartementet.

Auka gjennomføring av vidaregåande opplæring

Ansvarleg: Kunnskapsdepartementet

Av elevar som startar vidaregåande opplæring gjennomfører og består rundt 70 pst. opplæringa etter fem år. Både for samfunnet og den enkelte er konsekvensane av låg gjennomføring store. I statsbudsjettet for 2010 blei det løyva midlar til tiltak for auka fullføring i vidaregåande opplæring. Midlane blei ytterlegare trappa opp i 2011 gjennom prosjektet Ny GIV, ei treårig satsing for å auke gjennomføringa i vidaregåande opplæring. Tiltaka er retta mot dei kritiske faktorane som forskinga peikar på for at gjennomføringa i vidaregåande opplæring kan aukast. Hovudvekta er lagd på at dei svakaste elevane i siste del av 10. trinn og i vidaregåande opplæring får tett oppfølging slik at dei skal få betre føresetnader for å gjennomføre vidaregåande opplæring. Oppfølginga er basert på ei avtale mellom elev/føresette og skulen. Det vil bli lagt særleg vekt på å utvikle elevane sine dugleikar i rekning, skriving og lesing. Om lag 2 300 elevar har våren 2011 gjennomført ei intensiv opplæring. For at intensivopplæringa skal bli best mogeleg, finansierer staten fem dagar skolering av ca. 650 lærarar i både ungdomsskular og vidaregåande skular det fyrste året. Ordninga vil i løpet av to år bli bygd ut til å gjelde to lærarar ved alle ungdomsskular og vidaregåande skular. Det blir vidare arbeidt med å styrkje samarbeidet mellom den fylkeskommunale oppfølgingstenesta (OT), dei vidaregåande skulane, fagopplæringa og arbeids- og velferdsforvaltninga. Målet er å få på plass eit strukturert, samordna og målretta system for oppfølging av unge som står utanfor opplæring og arbeid. Det blir no etablert felles kompetanseutviklingstiltak for saksbehandlarar på tvers av ansvarsområda. Vidare er det fordelt midlar til utprøving av eit nytt praktisk fag på ungdomstrinnet, samt utprøving av tilpassa opplæringsmodellar for vaksne arbeidsledige som skal begynne på vidaregåande opplæring i arbeidsløysesperioden. I statsbudsjettet for 2012 foreslår Regjeringa å styrkje løyvinga til tiltak for auka gjennomføring av vidaregåande opplæring. Sjå nærare omtale i Prop. 1 S (2011-2012) for Kunnskapsdepartementet.

Auka barnetillegg til arbeidsavklaringspengar

Ansvarleg: Arbeidsdepartementet

Barnetillegget for mottakarar av attføringspengar og rehabiliteringspengar blei auka med 10 kroner per barn per dag, frå 17 kroner til 27 kroner, frå 1. januar 2006. Barnetillegget for tidsavgrensa uførestønad blei gjort behovsprøvd frå 1. juni 2006. Frå 1. mars 2010 blei rehabiliteringspengar, attføringspengar og tidsavgrensa uførestønad erstatta med arbeidsavklaringspengar. Det standardiserte barnetillegget på 27 kroner per barn per dag blei vidareført for heile gruppa. Det blei gitt overgangsreglar som gir tidlegare mottakarar av tidsavgrensa uførestønad kompensasjon for bortfallet av det behovsprøvde barnetillegget ut vedtaksperioden, men ikkje lenger enn ut 2012.

Inntektssikring for forsørgjarar med låg inntekt – endringar i reglane om bidragsforskott og gebyr ved fastsetjing og endring av bidrag

Ansvarleg: Arbeidsdepartementet

Reglane om bidragsforskot og gebyr ved fastsetjing og endring av bidrag blei endra i 2011, slik at reglane i auka grad er innretta mot dei mest vanskelegstilte. Forslaga er ei oppfølging av St.meld. nr. 19 (2006-2007) Evaluering av nytt regelverk for barnebidrag. Inntektsgrensa for retten til maksimalt forskot er auka frå 170 900 kroner per år, til 232 000 kroner (frå 1. juli 2011). Inntektsgrensa er med dette auka betydeleg og likestilt med grensa for når bidragspliktig etter barnelova er friteken frå å betale bidrag. Auken av inntektsgrensa for rett til fullt forskot vil styrkje økonomien til forsørgjarar med låg inntekt og samtidig tryggje forsørging av barnet der den bidragspliktige ikkje kan eller vil betale. Inntektsgrensa for gebyrfritak for behandling av søknad om fastsetjing og endring av underhaldsbidrag er vidare heva til same nivå. Denne endringa kjem både bidragsmottakarar og bidragspliktige til gode. Regelen om avgrensa behovsprøving for forskotsmottakarar med barn der far ikkje er oppgitt mv. er oppheva, for å handsame alle forskotsmottakarar likt. Sjå omtale under kap. 2620, post 76, kap. 5701, post 73 og kap. 3605, post 06 i denne proposisjonen.

Kompetanse- og utviklingstiltak for å førebygge og redusere fattigdom blant barn, unge og barnefamiliar

Ansvarleg: Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet og Arbeidsdepartementet

I 2004 blei det løyva midler til tilskot til kompetanse- og utviklingstiltak for å førebygge og redusere fattigdom blant barn og unge som er i kontakt med barnevernet. Ei tilsvarande satsing blei sett i verk i 2005 overfor barn, unge og barnefamiliar som er i kontakt med sosialtenesta. Formålet er å førebyggje og redusere fattigdom og sosial eksklusjon blant barn og unge gjennom å styrkje det sosiale og førebyggjande arbeidet i kommunane, utvikle nye tiltak overfor målgruppa, styrkje samarbeid og samhandling lokalt og sentralt, m.a. mellom barnevernet og sosialtenesta, og å heve og utvikle kunnskap og kompetanse blant aktørane i lokalsamfunnet. 29 kommunar har teke del i satsinga knytt til barnevernet. Kommunane har hovudsakleg søkt om midlar til ferie- og fritidsaktivitetar, sommarjobb til unge, utstyrslager, leksehjelp og kompetansehevingstiltak. Satsinga knytt til barnevernet blei avslutta i 2009. Fafo og NOVA har evaluert satsinga. Evalueringa visar m.a. at merksemda på barnefattigdom har auka i dei kommunane som har teke del i satsinga. Dette er nærare omtalt i Prop. 1 S (2011-2012) for Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet.

Løyvinga til tiltak i sosialtenesta blei styrkt i 2007 og 2008. I 2010 blei det gitt tilskot til 192 tiltak i 82 kommunar/bydelar. I 2011 er det gitt tilskot til 76 kommunar. I tillegg disponerer enkelte kommunar tilskot som er ført over frå året før. Blant tiltak er fritidsaktivitetar til barn og ungdom (tilskot til dekning av kontingenter, fritidsutstyr, turar, turneringar i ulike lag/foreiningar, aktivitetshelger for ungdom mv.), aktivitetar knytte til skulegang (tilskot til dekning av turar/arrangement i regi av skulen, leksehjelp, aktivitetstilbod etter skuletid og open skule i sommarferien), aktivitetar for ungdom som droppar ut av vidaregåande skule (praksisplassar, tett oppfølging) og økonomiske tilskot til barnefamiliar. Fafo og NOVA evaluerte satsinga i 2009. Sjå omtale av evalueringa under kap. 621, post 63 i denne proposisjonen. Løyvinga blir vidareført i 2012.

Barne- og ungdomstiltak i større bysamfunn

Ansvarleg: Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet

Barne-, likestillings og inkluderingsdepartementet forvaltar tilskotsordninga Barne- og ungdomstiltak i større bysamfunn. Ordninga omfattar 23 bykommunar i 2011. Innsatsen er todelt: ei satsing retta mot ungdom (ungdomstiltak) og ei særskild satsing retta mot barn, unge og familiar som er råka av fattigdomsproblem (fattigdomstiltak). Løyvinga til tiltak mot fattigdom er styrkt, seinast i Revidert nasjonalbudsjett for 2011 øyremerka ferietiltak for målgruppa.

Løyvinga til tiltak mot fattigdom blir nytta til å støtte arbeid med å utvikle og tilby ferie- og fritidstiltak for barn, unge og familiar råka av fattigdomsproblem i bykommunane, tiltak som kan bidra til arbeidsmarknadstilknyting for unge med liten eller mangelfull utdanning og tilskot til langsiktige og samordna tiltak som bidreg til kvalifisering og inkludering, m.a. gjennom etablering av alternative meistringsarenaer.

Fafo og NOVA evaluerte i 2010 den særlege satsinga retta mot barn, unge og familiar råka av fattigdom. Evalueringa viser at ordninga har medført at kommunane har fått større medvit og kompetanse om barnefattigdom og kor viktig det er å etablere sosiale møteplassar, meistringsarenaer og kvalifiseringsarenaer for utsette barn og unge. I rapporten kjem forskarane med fleire anbefalingar for det vidare arbeidet. Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet vil følgje opp rapporten.

Den særskilte satsinga retta mot barn, unge og familiar råka av fattigdomsproblem blir vidareført i 2012. Sjå nærare omtale i Prop. 1 S (2011-2012) for Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet.

Tiltak for ungdom i risikosoner – Losprosjektet

Ansvarleg: Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet

Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet har sidan 2007 hatt ei særleg satsing retta mot ungdom som står i fare for å hamne utanfor opplæring og arbeidsliv (Unge utenfor). Som del av denne satsinga er det gjennomført utgreiingar og evalueringar av tiltak retta mot ungdom i målgruppa. I tillegg har åtte kommunar/bydelar gjennomført eit utviklingsarbeid med mål om å utvikle betre arbeidsmåtar og samarbeidsformer for målgruppa. Utviklingsarbeidet blei avslutta i 2010. Eksempelsamlinga Veier tilbake til skule og arbeid skildrar erfaringar og resultat frå utviklingsarbeidet og er sende ut til alle kommunar.

Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet har saman med Arbeids- og velferdsdirektoratet hatt ansvar for utviklingsarbeidet Utsette unge 17-23 år i overgangsfasar. Arbeidet har vore å hjelpe ungdom inn i utdanning, arbeid og bustad og å gi gode fritidstilbod. Arbeidet blei avslutta i 2009.

Utviklingsarbeid og forsking på tiltaka ligg til grunn for vidare arbeid. Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet har i 2011 starta opp Losprosjektet. Losprosjektet er eit treårig prosjekt for å styrkje oppfølging av utsett ungdom. Eit utval kommunar frå til saman 8 fylke deltek i prosjektet. Formålet er å betre tilknytinga til skule og arbeid blant særleg risikoutsette unge i alderen 14-23 år. Gjennom Losprosjektet skal ungdom få ein kontaktperson – ein los – som skal følgje opp ungdomane og hjelpe dei med å nyttiggjere seg av tilbod frå ulike hjelpetenestar. Innsatsen blir sett i samanheng med innsatsen for å auke gjennomføringa av vidaregåande opplæring i prosjektet Ny GIV. Dette er nærare omtalt i Prop. 1 S (2011-2012) for Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet.

Tiltak for ungdom i risikosoner

Ansvarleg: Arbeidsdepartementet

I 2008 blei det sett i verk eit utviklingsarbeid overfor barn og unge i risikosoner. Målgruppa er ungdom i alderen 15-25 år som står i fare for eller har falt ut av vidaregåande opplæring, utviklar kriminell åtferd, testar ut rusmiddel og ungdom med minoritetsbakgrunn. Formålet med satsinga er utvikling av tenestene i arbeids- og velferdsforvaltninga gjennom modellforsøk og utviklings- og kompetansetiltak. Det blir lagt vekt på heilskapleg og tett individuell oppfølging av ungdomar med samansette utfordringar, tidlig innsats, koordinering og samanbinding av tiltak gjennom samarbeid mellom arbeids- og velferdsforvaltninga, vidaregåande opplæring, oppfølgingstenesta og kommunale aktørar. Delar av løyvinga er nytta til Nordlandsprosjektet – Ungdom i svevet. Prosjektet omfatta 9 kommunar og 15 delprosjekt, og blei avslutta i 2010. I prosjektet er det lagt vekt på samordning og koordinering av tenester og samarbeidsmodellar mellom sosialtenesta og barnevern, bustadoppfølging overfor unge på hybel, alternative læringsarenaer for å redusere fråvær, foreldremedverknad og -samarbeid og aktivitetstilbod og møteplassar for ungdom med rus- og psykiatriproblem. Fylkesmannen i Nordland dokumenterer prosjektet for å legge grunnlaget for erfaringsspreiing. Med utgangspunkt i lokalt arbeid overfor målgruppa og lokale utfordringar er det etablert utviklingsarbeid i Molde, Re, Sund, Drammen, Trondheim, Notodden, bydel Østensjø i Oslo, Tromsø, Bærum og Brønnøy. I Valdres og Solør er det etablert interkommunalt samarbeid som omfattar seks og tre kommunar. I Grenlandsområdet er det eit interkommunalt samarbeid mellom seks kommunar. Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet og Helsedirektoratet er samarbeidspartnarar i fleire av prosjekta. Erfaringane frå utviklingsarbeidet vil bli nytta inn mot Regjeringa si satsing for å auke gjennomføringa i vidaregåande opplæring, Ny GIV. Løyvinga blir vidareført i 2012. Dette er òg omtalt under kap. 621, post 63 i denne proposisjonen.

Tiltak for barn med foreldre som er psykisk sjuke og/eller rusmiddelavhengige

Ansvarleg: Helse- og omsorgsdepartementet

Det er sett i verk tiltak for barn med foreldre som er psykisk sjuke og/eller rusmiddelavhengige. Tiltaka har som mål å gi tidligare hjelp til barna, styrkje rettleiing og kompetanse i tenestene, langsiktig oppfølging av barna, auke forsking og erfaringsspreiing og å stimulere frivillige organisasjonar til tiltak.

Endringa i helsepersonellova og spesialisthelsetenestelova om oppfølging av barn som pårørande har frå 2010 styrkt rettsstillinga og medverkar til at mindreårige barn av psykisk sjuke, rusmiddelavhengige, alvorleg somatisk sjuke eller skadde pasientar får betre oppfølging når foreldra mottek helsehjelp. Helsepersonell har plikt til å bidra til å ivareta mindreårige barn som pårørøande. Helseinstitusjonar skal i naudsynt utstrekning ha personell med ansvar for å fremje og koordinere helsepersonellet si oppfølging av barna. Helsedirektoratet utarbeidde i 2009 eit rundskriv til lovendringane om barn som pårørande og ein informasjonsbrosjyre for barn. Sjå nærare omtale i Prop. 1 S (2011-2012) for Helse- og omsorgsdepartementet.

Delmål: Betre levekåra for dei mest vanskelegstilte

Tiltak for rusmiddelavhengige

Ansvarleg: Helse- og omsorgsdepartementet

Tiltak for rusmiddelavhengige er styrkt som eit ledd i innsatsen mot fattigdom. Opptrappingsplanen for rusfeltet er forlenga ut 2012, og blei styrkt med 100 mill. kroner i 2011. Dei samla løyvingane til rusfeltet er med dette auka med over 1 mrd. kroner gjennom planperioden, samanlikna med 2005. I planperioden er det løyvd midlar til styrking av førebygging, legemiddelassistert rehabilitering (LAR), tannhelse for rusmiddelavhengige, helsetenester i fengsel, kommunale tenester, spesialisthelsetenesta, avrusing- og akuttkapasiteten, frivillig arbeid og fylkesmennene sitt arbeid for rusmiddelavhengige. Løyvingane til tiltak for rusmiddelavhengige blir vidareførte. Dette er nærare omtalt i Prop. 1 S (2011-2012) for Helse- og omsorgsdepartementet.

Auke i satsane i dei statlege rettleiande retningslinene for utmåling av økonomisk stønad til livsopphald

Ansvarleg: Arbeidsdepartementet

Satsane i dei statlege rettleiande retningslinene for utmåling av økonomisk stønad til livsopphald er prisjusterte årleg. Dei rettleiande retningslinene blei auka med 5 pst. ut over ordinær prisauke frå 1. januar 2007 og auka med ytterlegare 5 pst. ut over ordinær prisauke frå 1. januar 2009.

Styrking av bustøtta

Ansvarleg: Kommunal- og regionaldepartementet

I 2006 blei buutgiftstaket i bustøtteordninga auka med 10 000 kroner for mottakarar i dei åtte største byane i landet. Frå 2007 blei bustøtta utbetalt kvar månad, mot tidlegare kvart tertial. I 2008 blei ordninga utvida til å omfatte deltakarar på kvalifiseringsprogrammet. Frå 1. juli 2009 blei ordninga forenkla og utvida, jf. St.prp. nr. 11 (2008-2009) Ei styrkt bustøtte. Etter omlegginga kan alle med låge inntekter og høge buutgifter få bustøtte. Unntaka er studentar og militært/sivilt tenestepliktige, som har eigne ordningar for bustadstøtte. Overgangsordningar blei oppretta for å skjerme dei som fekk støtte før omlegginga mot brå endringar i utbetalingane som følgje av endra reglar. I 2010 og 2011 er satsane i bustøtta auka i takt med veksten i minstepensjonane. I 2011 blei òg buutgiftstaket auka for store husstandar/barnefamiliar. I mars 2011 blei det gitt ei ekstraordinær utbetaling på 319 mill. kroner til motakarar av bustøtte, som hjelp til å dekkje dei høge energiutgiftene etter den kalde vinteren, jf. Prop. 61 S (2010-2011) Ekstra utbetaling til mottakarar av bustøtte som hjelp til å dekkje høge energiutgifter. For juni 2011 fekk 129 500 husstandar utbetalt bustøtte, som er 20 800 (19 pst.) fleire enn i same månad før omlegginga (juni 2009). Utbetalingane av bustøtte har auka frå 2 054 mill. kroner i 2005 til ei løyving på 3 450 mill. kroner i 2011, eksklusive ekstrautbetalinga til å dekkje høge energiutgifter. Sjå nærare omtale i Prop. 1 S (2011-2012) for Kommunal- og regionaldepartementet.

Varig bustad framfor bruk av hospits og andre mellombels bustadshøve

Ansvarleg: Arbeidsdepartementet

I perioden 2007-2009 blei det gjennomført forsøksprosjekt i dei fire storbyane Oslo, Bergen, Trondheim og Stavanger, samt i fem andre kommunar med utfordringar knytte til bruk av mellombels bustadhøve. Formålet er å utvikle metodar og tiltak for oppfølging av personar som oppheld seg i mellombels bustader slik at dei kan få tilbod om varig bustad. Løyvinga til formålet inngår frå 2010 i tilskot til bustadsosialt arbeid. Dette er nærare omtalt under kap. 621, post 63 i denne proposisjonen.

Reduksjon i gebyr for tvangsforretningar

Ansvarleg: Justis- og politidepartementet

Dei statlege gebyrafor ulike tvangsforretningar blei reduserte i 2007. Inntekta frå slike gebyr blei sett ned med til saman 230 mill. kroner samanlikna med nivået i 2006.

Styrking av lavterskeltilbodet for rettshjelpssøkjande

Ansvarleg: Justis- og politidepartementet

Justisdepartementet gir kvart år tilskot til ulike rettshjelpstiltak. Målet er å styrkje rettstryggleiken for grupper i befolkninga med særskilde behov. Tilskota rettar seg mot organisasjonar som representerer spesielle grupper i befolkninga eller som representerer eit lågterskeltilbod som gjer det enkelt å nå personar som elles kanskje ikkje ville ha oppsøkt den rettshjelpa dei treng. Fleire kommunar, krisesenter og Dixiesenter (senter for valdtektsoffer) har fått tilskot til å gi gratis juridisk hjelp til brukarane sine. Stønaden til m.a. studentrettshjelpstiltaka, OMOD og NOAS, er òg vidareført. I tillegg blir det gitt stønad til Gatejuristen i Oslo, Tromsø, Bergen, Hamar, Kristiansand og Rett på gata i Trondheim. Gatejuristane driv oppsøkjande rettshjelpsverksemd bland rusavhengige, med ein betydeleg innsats frå frivillige.

I St.meld. nr. 26 (2008-2009) Om offentleg rettshjelp tok Regjeringa til orde for ei rekke tiltak for å betre rettshjelpsordninga. Eit av tiltaka er ei førstelinjeteneste der alle kan få inntil éin time gratis juridisk rådgjeving hos advokat eller rettshjelpar. Tilbodet skal gjelde uavhengig av sakstype, med unntak av straffesaker og saker som har utspring i næringsverksemd. Førstelinjetenesta skal vere eit lågterskeltilbod. For å prøve ut alternative modellar for ei førstelineteneste blei det i 2010 satt i gang pilotprosjekt i Buskerud og Rogaland. Prosjektet vil bli evaluert undervegs i prosjektperioden, og det er planlagt ei sluttevaluering i 2012. Sjå nærare omtale i Prop. 1 S (2011-2012) for Justis- og politidepartementet

Regulering av inntekts- og formuesgrensene for fri rettshjelp

Ansvarleg: Justis- og politidepartementet

Frå 1. januar 2009 blei inntektsgrensa for fri rettshjelp auka frå 230 000 kroner til 246 000 kroner for einslege og frå 345 000 kroner til 369 000 kroner for ektefelle og andre som lever saman med ein felles økonomi. Dette gjer at fleire vil bli omfatta av rettshjelpsordninga.

Frivillig arbeid

Ansvarleg: Arbeidsdepartementet og Kulturdepartementet

Løyvingane til frivillig arbeid blei styrkte i 2008 og 2009 for å styrkje og vidareutvikle dialogen og samarbeidet med frivillige organisasjonar som arbeider mot fattigdom og sosial eksklusjon. I 2008 blei det etablert eit kontaktutval mellom Regjeringa og representantar for sosialt og økonomisk vanskeligstilte og eit samarbeidsforum for organisasjonane som deltek i kontaktutvalet. Batteriet, som er eit nasjonalt ressurssenter i regi av Stiftelsen Kirkens Bymisjon Oslo, er sekretariat for samarbeidsforumet. Det er etablert fire Batterier utanfor Oslo, i Bergen, Trondheim, Bodø og Kristiansand. I 2008 blei det etablert ei tilskotsordning til drift av organisasjonar som arbeider mot fattigdom og sosial eksklusjon og til prosjekt/aktivitetar i regi av frivillige organisasjonar. Formålet er å mogeleggjere eigenorganisering, sjølvhjelpsaktivitetar, brukarpåverknad og interessepolitisk arbeid. I 2011 er det gitt driftsstøtte til 19 organisasjonar og tilskot til 30 prosjekt. Tilskot til aktivisering og arbeidstrening i regi av frivillige organisasjonar blei styrkt i 2009. I 2011 er det gitt tilskot til i alt 26 prosjekt innafor denne ordninga. Om lag 600 personar deltok i tiltak i 2011. Dette er nærare omtalt under kap. 621, post 70 i denne proposisjonen.

Det er på budsjettområdet til Kulturdepartementet løyva midlar til inkluderings- og fattigdomstiltak for å auke kultur- og organisasjonsdeltaking blant grupper som er underrepresenterte.

Tilskotet til frivilligsentraler er styrka. I 2010 blei det gitt tilskot til 20 nye frivilligsentraler og i 2011 er det løyva midlar til etablering av 17 nye frivilligsentraler. Det er i perioden 2005-2011 gitt tilskot til etablering av over 118 nye sentraler. Samla vil det i 2011 vere 371 sentraler i samanlagt 308 kommunar. Sjå nærare omtale i Prop. 1 S (2011-2012) for Kulturdepartementet.

Utviding av tilsynsansvaret til fylkesmannen

Ansvarleg: Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet og Helse- og omsorgsdepartementet

På bakgrunn av framlegg i Ot.prp. nr. 103 (2008-2009) Om lov om sosiale tjenester i arbeids- og velferdsforvaltningen er tilsynsansvaret til fylkesmannen utvida til òg å omfatte tilsyn med økonomisk stønad og kvalifiseringsprogram/kvalifiseringsstønad frå 1. januar 2010. Løyvingane til fylkesmannsembeta er styrkte som eit ledd i dette.

8 Likestillingsomtale

Orientering om likestilling i verksemdene

Likestillingslova § 1 a, Diskrimineringslova § 3 a og Diskriminerings- og tilgjengelighetslova § 3 pålegg statlege verksemder å arbeide aktivt, målretta og planmessig for å betre likestilling og hindre diskriminering, både som offentleg myndigheit og som arbeidsgjevar. I tillegg til aktivitetsplikta, har statlege verksemder ei plikt til å greie ut om likestillingsarbeidet. Statlege verksemder som ikkje er pålagd å utarbeide årsmelding skal gi utgreiinga i årsbudsjettet.

Det skal gjerast greie for planlagte og gjennomførte tiltak når det gjeld kjønn, funksjonsnedsetting, etnisitet, religion mv. Når det gjeld kjønn, skal det i tillegg gjerast greie for den faktiske tilstanden.

Tilsette i verksemdene fordelt på kjønn, heltid og deltid 2010

Kvinner

Menn

 

Tilsette totalt

Tilsette

Heiltid

Deltid

Tilsette

Heiltid

Deltid

Arbeidsdepartementet

203

120

102

18

83

80

3

Arbeids- og velferdsetaten

14 266

9 927

7 742

2 185

4 339

3 928

411

Trygderetten

66

38

33

5

28

23

5

Pensjonstrygden for sjømenn

36

20

19

1

16

15

1

Statens pensjonskasse

405

245

220

25

160

155

5

Arbeidstilsynet

579

335

318

17

244

239

5

Petroleumstilsynet

164

72

-

-

92

-

-

Iverksette og planlagte likestillingstiltak på grunnlag av kjønn, etnisitet og nedsett funksjonsevne

Arbeidsdepartementet

1. oktober 2010 var det 203 tilsette i Arbeidsdepartementet. 59 pst. av dei tilsette var kvinner. Kvinneandelen er høgst i saksbehandlargruppa (70 pst.), men andelen kvinner i leiarstillingar totalt er om lag 41 pst. Det er framleis eit mål å betre den interne kjønnsbalansen. Arbeidsdepartementet har utarbeidd retningsliner og rettleiing for tilsettingar i departementet. Likestillingsperspektivet og moderat kjønnskvotering blir ivareteke gjennom Hovudavtalen og Arbeidsdepartementet sin tilpassingsavtale.

Gjennom Arbeidsdepartementet sin lønspolitikk skal ein mellom anna sikre lik verdi av likt arbeid. Lønsutviklinga mellom kjønna vert følgd opp mellom anna ved at det vert utarbeidd ei likestillingsanalyse før gjennomføringa av dei lokale lønsforhandlingane. I 2010 viste den mellom anna at kvinnene i departementet i snitt tener 94,7 pst. av det mennene tener. Arbeidsdepartementet har utarbeidd systematiske framstillingar/analyser av likestilling i Arbeidsdepartementet som ein del av oppfølgjings- og evalueringsarbeidet rundt likestilling.

Departementet deltek i statens 2-årige traineeordning for personar med høgare utdanning og nedsett funksjonsevne og har under revisjon ein handlingsplan for rekruttering av personar med innvandrarbakgrunn.

Arbeidsdepartementet har nulltoleranse for mobbing og trakassering, og har utarbeidd eit eige system for internkontroll og HMS. Departementet har og utarbeidd eigne rutinar rundt varsling og trakassering/mobbing.

Arbeidsdepartementet er IA-verksemd, og har utarbeidd nye mål og tiltak for alle tre delmåla i for perioden 2010-2012. Det har vore ein jamn nedgang i det totale sjukefraværet sidan 2008. Sjukefraværet har jamnt over vore høgare hos kvinner enn hos menn.

Arbeids- og velferdsetaten

I Tilpassingsavtala for Arbeids- og velferdsetaten er partane samde om at etaten skal ha ein personalpolitikk som legg til rette for likestilling og mangfald mellom tilsette i verksemda, når det gjeld etnisk tilhøyrsle, funksjonsevne, kjønn og alder.

Arbeids- og velferdsetaten er ein kvinnedominert organisasjon, og heile 70 pst. av dei tilsette er kvinner. I saksbehandlarstillingar er det 71 pst. kvinner. Det er langt fleire kvinner enn menn som er mellombels tilsette. 75 pst. av dei mellombels tilsette er kvinner. Arbeids- og velferdsdirektoratet kartlegg årleg kjønnsbalansen innanfor stillingsgruppene, og følgjer dette opp overfor driftseiningane gjennom krav til tiltak og rapportering dersom eit kjønn er underrepresentert i ei stillingsgruppe.

Arbeids- og velferdsetaten har som mål å auke rekrutteringa av arbeidstakarar frå underrepresenterte grupper. 5 pst. av dei nyrekrutterte skal vere frå underrepresenterte grupper. Personar med nedsett funksjonsevne og ikkje-vestleg bakgrunn vert oppmoda om å søkje stillingar i etaten. Rapportering frå verksemda syner at det vert rekruttert tilsette med innvandrarbakgrunn og tilsette med redusert funksjonsevne til stillingar som vert utlyst i storparten av fylka og spesialeiningane ut frå kvalifikasjonsprinsipp.

Eit styrande prinsipp i Arbeids- og velferdsetaten sine lønspolitiske føringar for perioden 2011-2012 er at forholdet mellom kvinner si løn og menn si løn skal følgjast opp særskilt. Likestillingsprinsippa (likeløn) skal ivaretakast gjennom lokal lønspolitikk. Gjennomsnittleg månadsløn for kvinner i Arbeids- og velferdsetaten er lågare enn for menn i tilsvarande stillingskategoriar med unntak av i toppleiargruppa. Den klart største delen kvinner er i dei lågaste stillingskategoriane etaten. Samtidig er det no fleire kvinner blant leiarane, ein auke frå 54 til 56 pst. siste år.

Arbeids- og velferdsetaten har ein rutine for intern varsling av kritikkverdige forhold på arbeidsplassen og under dette diskriminering og trakassering. Internrevisjonen har i 2010 ikkje fått rapportert om hendingar som fører med seg varsling.

Som fylgje av arbeidsmiljøundersøkinga i 2009 har Arbeids- og velferdsetaten hatt eit forsterka fokus på arbeidsmiljø og sjukefråværet som del av oppfylginga av IA-avtalen og etaten sitt HMS-arbeid. Etaten sin overordna IA-handlingsplan for perioden 2011-2013 gir rammer for det lokale arbeidet.

Trygderetten

Det er nedfelt i Tilpassingsavtalen at «uansett kjøn skal arbeidsoppgåver fordelast slik at alle tilsette får like mogelegheiter til å kvalifisere seg for avansement til leiande stillingar». Trygderetten har nulltoleranse mot mobbing og trakassering. Trygderetten har som mål å redusere sitt sjukefråvær med eit halvt prosentpoeng innan utgangen av 2013.

Pensjonstrygden for sjømenn

Av 36 tilsette i Pensjonstrygda for sjømenn (PTS) er 58 pst. kvinner, og 50 pst. av leiarane er kvinner. Det vert lagt vekt på rekruttering som eit verkemiddel for å auke mangfaldet i verksemda.

Lønsmessig ligg menn gjennomsnittleg noko over kvinner. Løna til kvinner i 2010 utgjorde 96,5 pst. av løna til menn mot 94,9 pst. i 2009. I hovudsak er grunnen til denne lønsskilnaden at det i den lågaste løna stillingsgruppa, administrativt personale, kun er kvinner. I mellomleiargruppa tener kvinner meir enn menn.

Sjukefråveret var høgare blant kvinner enn blant menn. PTS er ei IA- verksemd, og har eit sterkt fokus på førebyggjande arbeid, tilrettelegging og oppfølging av sjukefråværet i tråd med målsetjingene i IA-avtala.

Statens pensjonskasse

Totalfordelinga på kjønn i heile Statens pensjonskasse (SPK) er 60 pst. kvinner og 40 pst. menn. Kjønnsfordelinga på dei ulike nivåa er og ganske jamn. SPK har difor ikkje sett det som naudsynt å setje i verk spesielle tiltak ved rekruttering, til dømes i kunngjeringar. SPK har ein relativt stor del tilsette med innvandrarbakgrunn; 10,6 pst. i 2010.

SPK analyserer jamleg lønstilhøva. Menn tener jamt over noko meir enn kvinner. Årsaka til dette er mellom anna at det er relativt sett fleire menn i høgare stillingskodar. I dei lokale forhandlingane har det dei siste åra vore føringar som skal bidra til å jamne ut lønsskilnader mellom kjønna. Det er langt fleire kvinner enn menn som jobbar i reduserte stillingar.

I 2008 vedtok SPK eigne interne varslingsrutinar. Desse har seinare blitt evaluert med gode tilbakemeldingar. SPK er IA-verksemd, og har sett mål for sjukefråveret for perioden 2011-2013.

Arbeidstilsynet

Arbeidstilsynet har utarbeidd ein rutine for rekruttering som skal sikre kvalitet og lik praksis i rekrutteringsarbeidet. Om lag 90 pst. av saksbehandlarane er kvinner, medan berre om lag 34 pst. av leiarane er det. Arbeidstilsynet har hatt ein positiv utvikling av kjønnsbalansen når det gjeld å rekruttere kvinner i leiarstillingar. Talet på tilsette med ikkje–vestleg bakgrunn var i 2010 det same som i 2009.

I likestillingsrapporten for 2010 seiast det at det er god lønsbalanse mellom kvinner og menn, spesielt på samanliknbare stillingar. Ved dei lokale lønsforhandlingane sikrast det at kvinner oppnår meir enn pro-rata av den lokale potten.

Arbeidstilsynet har eigen rutine for førebygging og handsaming av mellommenneskelege konfliktar. Arbeidstilsynet har også utarbeidd eigen rutine for avvikshandsaming av melding om trakassering eller anna utilbørlig opptreden. Det er utvikla eit system for varsling av kritikkverdige tilhøve på etaten sitt intranett.

Arbeidstilsynet er IA–verksemd og har utarbeidd eigen rutine for oppfølging av sjukefråvær.

Som IA–verksemd har Arbeidsmiljøutvalet i etaten utarbeida mål for perioden 2010-2013. Desse vert regelmessig følgd opp i Arbeidsmiljøutvalets møter.

Petroleumstilsynet

Petroleumstilsynet rekrutterer primært nye medarbeidarar frå oljesektoren og då i stor grad ingeniørar med ein del erfaring frå sektoren. Petroleumstilsynet mottek svært få søknader frå personer med nedsett funksjonsevne eller ikkje-vestleg innvandrarbakgrunn.

Generelt sett er lønsnivået høgare for tekniske stillingar enn for adminstrative funksjonar. Årsaka til dette er at krav til kompetanse og etterspørsel er svært ulike. Kvinner er i fleirtal i administrative stillingar, og har dermed noko lågare løn enn menn.

Det vert planlagt og lagt til rette for at Petroleumstilsynet skal vere ein arbeidsplass som fremjer god helse med eit godt og inkluderande arbeidsmiljø.

9 Miljøprofil – sektorovergripande tiltak

Arbeidsmiljø og sikkerheitsområdet – miljøprofil

Innleiing

Arbeidsmiljø- og sikkerheitsmyndigheitene sin innsats har ein positiv og førebyggande effekt på det ytre miljøet. Vern av arbeidstakarar mot eksponering for helsefarlege kjemikalier, som er eit av fokusområda for arbeidsmiljømyndigheitene, er med på å gje generelt større kunnskap om og medvetenheit knytt til bruk, oppbevaring og destruksjon av kjemikaliar. Substitusjonsprinsippet fører til at helsefarlege kjemikaliar byttast ut med mindre farlege produkt. Fokus på støy som ein helseskadeleg faktor i arbeidslivet, gjer til at det generelle støynivået i og omkring verksemder blir redusert, samtidig som det blir utvekla teknologi og materiale som vil føre til ein generell støyreduksjon. Generelt vil arbeidsmiljømyndigheitene sin aktivitet med å utvikle ein robust sikkerheitskultur, der det blir lagt vekt på ei systematisk oppfølgjing av helse-, miljø og sikkerheit, føre til at verksemder blir betre rusta til å ivareta sine miljøutfordringar. Forsking- og utviklingsarbeid frå arbeidslivet, enten det gjeld kjemikaliar, støy eller andre områder vil kunne ha overføringsverdi til anna miljøarbeid.

Det må likevel erkjennast at det i einskilde tilfelle kan oppstå motstridande interesser i forholdet mellom beskyttelse av arbeidstakarane og det ytre miljø. Særleg har ein sett dette i einskilde samanhengar der målretta miljøtiltak har ført til ein auka risiko for eksponering av arbeidstakarar. På same måte kan tiltak for vern av arbeidstakarar føre til auka utslepp til miljøet. Kjennskap til at det føreligg slike mogelegheiter for motstridande interesser gjer at ei effektiv forvalting krev ei god koordinering, der både helsemessige og miljømessige data blir innarbeidde i risikovurderingar og tiltak.

I petroleumsverksemda har Petroleumstilsynet gjennom si rolle som myndigheit for sikkerheit ein funksjon som bl.a. retter seg direkte mot ivaretaking av det ytre miljøet. Petroleumstilsynet stiller gjennom sitt regelverk krav til robust utforming av utstyr og anlegg, som mellom anna inneber krav til barrierar mot ulykker og uønska hendingar som kan føre til akutt forureining. Macondo- og Montaraulykkene viser tydeleg dei konsekvensane ei storulykke har, også for det ytre miljøet og dermed viktigheita av å førebygge ulykker. Petroleumstilsynet bidrar i denne samanhengen spesielt i forvaltningsplanarbeidet (Barentshavet, Nordsjøen, Norskehavet), i tilsynet retta mot oljeselskapa, og med å bringe fram ein oppdatert oversikt over risiko for akutte utslepp i petroleumsverksemda på norsk sokkel, som kan leggast til grunn for nødvendige betringstiltak. Petroleumstilsynet legg og vekt på samarbeid med Russland og samarbeid med andre land med interesser i arktiske områder, og arbeider dessutan for at det blir lagt meir vekt på FoU og teknologiutvikling retta mot å hindre eller stanse akutte oljeutslepp til sjø.

Klimaendringar og nasjonal/internasjonal mobilisering fører med seg behov for tiltak for handtering og reduksjon av klimagassutslepp. Arbeidsmiljø- og sikkerheitsmyndigheitene skal sjå til at næringa sin reduksjon av utslepp av klimagassar blir gjennomført på ein sikkerheits- og arbeidsmiljømessig forsvarleg måte. Petroleumstilsynet arbeider i denne samanheng bl.a. med å utrede risikoar som blir introdusert ved CCS (Carbon capture and storage), og med å lukke kunnskapshol på sikkerheits- og arbeidsmiljøområdet slik at CCS kan gjennomførast på ein forsvarleg måte.

Arbeidsdepartementet sitt arbeid vil primært vedkome følgjande resultatområde:

  • Reint hav og vatn og eit giftfritt miljø

  • Eit stabilt klima og rein luft, som også inkluderer området reduksjon av støy.

Miljøutfordringar i petroleumsverksemda

Omtalen av miljøutfordringane er avgrensa til:

  • Førebygging av forureining ved å hindre akutte utslepp til sjø og luft, og å redusere regulære utslepp til sjø og luft

  • Kjemping mot ulykker ved kjelda

Petroleumsverksemda er strengt regulert både når det gjeld ressursmessig utnytting og helse, miljø og sikkerheit. Rammene for petroleumsverksemda blir sette både gjennom lovar og forskrifter og gjennom forvaltningsplanane for havområda.

Aktørbildet på norsk sokkel, med mellom anna mange små aktørar som ofte har avgrensa kapasitet, kunnskap og erfaring med å drive verksemd i samsvar med norsk regelverk i tillegg til StatoilHydro som ein dominerande aktør, utfordrar strategiane for å følgje opp verksemdene. Samtidig er aktiviteten i ferd med å flytte seg inn i miljøsårbare områder der det må leggast enda sterkare vekt på å prioritere førebyggande miljøsikkerheit.

Dei tillatne, regulære utsleppa frå prosessar i olje-/gassindustrien omfattar kategoriar som olje, produsert vatn, kjemikaliar, og andre organiske forbindelsar. Utslepp til luft; CO2, NOx, nmVOC, CH4 og S02, skjer i forbindelse med energiproduksjon, fakling og brønntesting osv.

Uførutsette hendingar som skuldast utforming eller drift/operasjon kan medføre akutte/utilsikta utslepp i dei same kategoriane. Av akutte utslepp er det dei store utsleppa av olje og gass knytte til ei ukontrollert utblåsing, brot på røyrleidningar eller ved kollisjon med tankfartøy som held i seg størst fare for miljøet.

Risiko for akutte utslepp

Petroleumstilsynet overvakar utviklinga av bl.a. risiko for ulykker som kan føre til akutte utslepp til sjø, inkludert storulykkesrisiko. Dette arbeidet vert gjort i den hensikt å fange opp negative trendar tidleg nok til å handle proaktivt og målretta for å unngå storulykker i norsk petroleumsverksemd. Ein årleg rapport om denne risikoutviklinga, Risikonivå i norsk petroleumsvirksomhet (RNNP), tek utgangspunkt i eit omfattande datamateriale og dekker både hendingar, tilløp til hendingar, årsaker og barrierar. Status og trendar for akutte utslepp av råolje, andre oljer og kjemikaliar er henta frå RNNP 2010.

Råolje

I 2001 – 2010 har det vore ein tydeleg reduksjon i talet på akutte råoljeutslepp til sjø for norsk sokkel. Reduksjon i talet på akutte oljeutslepp har vore markert i perioden 2001-2004, medan talet har helde seg på eit stabilt nivå i perioden 2004-2009. Det er ein lågare verdi i 2010, men det er usikkert om dette er starten på ein vidare reduksjon.

Hovuddelen av akutt utslepp av råolje på norsk sokkel er plassert i kategorien 0-10 tonn. I 2007 var det ei enkelthending med mengd større enn 1.000 tonn. Verdien dette året er derfor betydeleg høgare samanlikna med andre år. Det er likevel ingen klar trend når ein ser på mengda akutte utslepp av råolje, men dei siste åra har ho lege på eit nokon lunde stabilt nivå.

Andre oljer (spillolje, diesel, fyringsolje 1-3 og andre oljer)

Det har vore ein nedgang i talet på akutte utslepp av andre oljer per innretningsår på norsk sokkel etter år 2002. Talet per innretningsår hadde likevel ein oppgang i 2007 og 2008, før ein igjen hadde ein reduksjon i 2009 og 2010. Mengda av utslepp av andre oljer på norsk sokkel har vore svært varierande i perioden, med toppar i 2004 og 2007.

Kjemikaliar

Talet på akutte utslepp av kjemikaliar har vore varierande gjennom perioden. Frå 2006 har det vore ei auke i talet på hendingar fram til 2009. Dette ser ikkje ut til å fortsette i 2010, men det er usikkert om det er starten på ein vidare reduksjon.

Mengda utslepp av kjemikaliar på norsk sokkel i perioden 2001-2010 har vore stabil med unntak av verdiane i 2003 og 2004. Årsaka til dei høge verdiane i 2003 og 2004 er at det desse åra fann stad ein del store utslepp i Nordsjøen av kjemikaliar i den øvste mengdekategorien (> 1 m3).

Regulære utslepp

Bruk av kjemikaliar er nødvendig for å sikre forsvarleg verksemd i petroleumsektoren, men representerer samtidig ei utfordring både med omsyn til det ytre miljøet, og til helse og arbeidsmiljø. Etter at målet om null utslepp av olje og miljøfarlege stoff til sjø kom i 1997, er utsleppa av kjemikaliar i svart kategori redusert frå 228 tonn til knapt 1 tonn i 2009. Utslepp av kjemikaliar i rød kategori er redusert frå 3933 tonn til 32 tonn i same periode. Meir enn 99 pst. av alle miljøfarlege kjemikaliar er fjerna dei siste ti åra. Utanom desse kjemikaliane er det framleis ei stor mengd ulike kjemikaliar i bruk i petroleumsverksemda.

Mogelege motstridande interesser i forhold til sikkerheit og skjerming av arbeidstakar og ytre miljø, fordrar ei god koordinering, kor aspekta knytte til både helse, sikkerheit og miljø blir integrerte i risikovurderingar og tiltak. Nye teknologiar for å reinse produsert vatn har ført til, og vil føre til ytterlegare reduksjon av oljeutslepp i samband med produsert vatn. Gjennomsnittleg konsentrasjon i 2009 var 11 milligram per liter. Dette er ei lita auking frå 2008 da konsentrasjonen var 10,5 milligram per liter. Totalt blei 1500 tonn olje sleppt til sjø med produsert vatn i 2009. Driftsstans ved eit slikt anlegg vil føre med seg auka risiko for akutte utslepp av ureinsa, produsert vatn.

Mål for arbeidet med desse utfordringane

Styresmaktene på arbeidsmiljø- og sikkerheitsområdet skal bidra til å førebygge forureining til sjø og til luft frå petroleumsverksemda ved å underbyggje nasjonale miljømål og klimapolitikken. Petroleumstilsynet skal ut frå gjeldande regelverk føre tilsyn med verksemda.

Rapport om oppnådde resultat i 2010

For å sørgje for eit solid kunnskapsgrunnlag for arbeidet med førebygging av utslepp til det ytre miljøet har Petroleumstilsynet gjennomført eit prosjekt for å utnytte eksisterande data i RNNP og OLFs Environmental Web-database. Målet har vore å utvikle risikoindikatorar som kan brukast for å overvake utvikling av risiko for uønskte hendingar i petroleumsverksemda til havs som kan føre til akutt ureining til sjø. Den første rapporten blei gitt ut i november 2010 og data frå denne rapporten viser mellom anna at

  • talet på akutte råoljeutslepp til sjø på norsk sokkel sedd under eitt blei meir enn halvert i perioden 2001–2004 (frå 85 til 40), medan nivået har vore konstant i perioden 2004–2009 (talet på råoljeutslepp i 2009 var 39).

  • det er ikkje nokon klar trend når det gjeld storleiken på akutte råoljeutslepp som har skjedd i perioden 2001–2009 for norsk sokkel under eitt, men dei fleste utsleppa er på mindre enn eitt tonn. Fire av dei største akutte oljeutsleppa på norsk sokkel i perioden 2001–2009 har skjedd dei siste fem åra. I 2007 var det eit enkeltutslepp på ca. 3700 tonn.

  • talet på hendingar som potensielt kunne ha ført til akutte utslepp på norsk sokkel har hatt ein fallande tendens i heile perioden (2001–2009), og talet på hendingar per innretningsår i 2009 er det lågaste i perioden.

  • brønnkontrollhendingar og gasslekkasjar har vore mindre alvorlege i 2008 og 2009 samanlikna med perioden 2004–2006, men det viser seg at det etter ei gjennomgåande positiv utvikling dei siste åra er eit klart negativt trekk at talet for hydrokarbonlekkasjar og brønnkontrollhendingar aukar i 2009 for sokkelen sedd under eitt.

Aktuelle tiltak på kort og lang sikt for å løyse og førebygge miljøproblem og korleis føreslåtte tiltak i 2010 vil kunne bidra til dette.

Nedanfor blir dei mest sentrale tiltaka i Petroleumstilsynet sitt arbeid for å løyse og førebygge miljøproblem nemnde:

  • Vidareutvikling og forvalting av HMS-regelverket slik at krav til teknologi, operasjonar og styring av verksemdene i petroleumssektoren underbygger nasjonale og regionale miljømål og klimapolitikk

  • Ha oversikt over, og følgje opp at prosessane rundt avgjerder i petroleumsnæringa integrerer omsynet til energileiing og styrker bruk av beste tilgjengelege teknologi og beste operasjonspraksis

  • Bruke resultata frå miljødelen av RNNP (modell og metode for vurdering av risikonivå i petroleumsverksemda)i regelverksarbeid og tilsyn

  • Aktivt samarbeid med andre etatar i forbindelse med utvikling og oppfølging av heilskaplege planar for forvalting for Barentshavet, Norskehavet og Nordsjøen

  • Utrede risikoar som blir introduserte ved CCS (Karbon capture and storage) og lukke kunnskapshol på sikkerheits- og arbeidsmiljøområdet slik at CCS kan gjennomførast på ein forsvarlig måte. Halde oversikt over utveklinga av aktuelle CCS-prosjekter og relevant regelverksarbeid knytt til CCS.

10 Samfunnstryggleik- og beredskap

Det overordna målet for Arbeidsdepartementets arbeid med samfunnstryggleik- og beredskap er å førebyggje uønskte hendingar innan arbeids- og velferdsområdet, inkludert for arbeidsmiljø- og sikkerheit, og på ein god måte være i stand til å handsame og minske følgjene dersom dei likevel skulle oppstå. Departementet skal óg systematisk ivareta krav og forventningar i lovverk, avtaler og andre styrande dokument for beredskapsarbeidet.

Arbeidsdepartementet blei direkte råka av terrorangrepet 22. juli. S-blokka i regjeringskvartalet fikk omfattande skader av bombeangrepet, og om lag halvparten av departementets tilsette har behov for alternativ kontorplass. Dette har lagt stort press på organisasjonen, sjølv om departementet med bistand frå Arbeids- og velferdsdirektoratet klarte å gi kontorplass til alle dei tilsette som var på jobb frå første arbeidsdag etter hendinga. Det er og inngått avtale med Arbeids- og velferdsdirektoratet om bruk av midlertidige lokale i Akersgata 64-68 inntil meir permanente løysinger er på plass.

Etatar og andre tilknytte verksemder har eit sjølvstendig ansvar for at samfunnstryggleik- og beredskap er ein integrert del av arbeidet i eige sektor og organisasjon. Oppgåver og tiltak på dette området prioriterast innan etatane sine ordinære budsjett.

Fokus framover

Departementet vil arbeide vidare med å førebyggje uønska hendingar i eige sektor og å styrke evna og kapasiteten til å handsame kritiske situasjonar. Det vil være særlig fokus på:

  • Å evaluere departementets handsaming etter terrorangrepet 22. juli. Erfaringar frå dette vil bli lagt til grunn for å utvikle samhandlinga med andre departement ved store nasjonale krisehendingar, og å forbetre departementets planverk for fredskriser, beredskap og krig.

  • Arbeidet med å identifisere potensielle objekt som må vernas mot tryggleikstruande aktivitet av omsyn til riket si eller alliert tryggleik eller andre nasjonale tryggleiksinteresser, i samband med nye krav i forskrift av 22. oktober 2010 om objekttryggleik. Risikoen for skade på ulike objekt, og følgene av at funksjonen til objektet blir hindra eller øydelagde, skal vurderes i lag med ulike tryggingstiltak. Arbeidsdepartementet vil vurdere dette både for eige verksemd og å samordne arbeidet mellom dei ulike etatane innan departementets sektoransvar.

  • Å skipe gode arenaer for læring og gjensidig overføring av røynsle med førebyggjande beredskap og handsaming av kriser. Dette gjeld særlig fra petroleumsområdet til andre område av departementets sektoransvar med mindre erfaring med tryggleik- og beredskapsarbeid.

Sosial- og trygdetenester

Arbeids- og velferdsforvaltninga har ansvar for å tilby sosial- og trygdetenester også etter at ei krise eller katastrofe har funne stad i tider med fred og i krig. Difor må det vere høg grad av tryggleik knytt til etatens IKT-system. Dette skal trygge:

  • utbetaling av naudsynte ytingar

  • driftstryggleiken knytt til dei sentrale IKT-systema

  • at tryggleik- og beredskapspersonell vert øvd og lært opp

  • at leverandørar av varer og tenester held avtalar knytt til leveransar

  • at informasjonstryggleiken på ei tilfredsstillande måte oppfyller krava i personopplysningslova

Petroleumsverksemda

Petroleumstilsynet er ansvarleg etat for teknisk og operasjonell tryggleik, her under beredskap på sokkelen, samt for arbeidsmiljø i alle fasar av petroleumsverksemda og verksemder knytt til denne. Eige tilsyn og samarbeid med andre myndigheiter på helse, miljø eller sikkerheitsområdet (HMS) skal sikre en tilfredsstillande beredskap ved fare- og ulykkessituasjonar. Lovgivinga på området tek utgangspunkt i å unngå ulykker, og det er et særskilt fokus på å førebyggje storulykker.

Ved ei HMS-hending på sokkelen er operatør ansvarleg for å setja i verk naudsynte tiltak og rapportere til Petroleumstilsynet. Petroleumstilsynet har etablert ei beredskapsvaktordning som kan varsle vidare til andre involverte myndigheiter og sikre effektiv oppfølging av eige ansvarsområde ved krisesituasjonar. Dette omfattar formidling av informasjon til Arbeidsdepartementet, som har det overordna ansvar for at Petroleumstilsynet forvaltar sine oppgåver.

I samband med nye krav til objekttryggleik må Petroleumstilsynet pårekne nye oppgåver. Omfanget av oppgåvene vil i nokon grad avhenge av avklaringar av grenseflatar mot andre myndigheiter.

For nærmare omtale av petroleumsverksemda, vises til resultatområde 4 Arbeidsmiljø og sikkerheit samt programkategori 09.40 Arbeidsmiljø og sikkerheit, kap. 642.

11 Grunnbeløp, særtillegg og stønader

Grunnbeløpet er ein reknefaktor i folketrygda som verkar inn på retten til og storleiken på mange ytingar. Frå 1. mai 2011 økte grunnbeløpet frå 75 641 kroner til 79 216 kroner. Dette er ei auke på 4,73 pst. Det gjennomsnittlige grunnbeløpet auka med 4,42 pst. frå 2010 til 2011.

Grunnbeløpet fastsetjast på grunnlag av forventa lønnsauke i inneverande år og eventuell justering for avvik mellom forventa og faktisk lønnsauke i året før. I trygdeoppgjeret 2010 blei det lagt til grunn ei lønnsauke på 3,25 pst. Faktisk lønnsauke for 2010 blei i rapporten frå Det tekniske berekningsutvalget førebels rekna til 3,75 pst. Det var difor eit avvik som blei teke med ved fastsetjinga av nytt grunnbeløp.

Den ordinære satsen for særtillegget er 100 pst. av grunnbeløpet.

a. Grunnbeløpet

Følgjande pensjonsytingar fastsetjast i høve til grunnbeløpet:

Stønadsform

Utgjør i pst. av grunnbeløpet

1.

Full grunnpensjon til einsleg pensjonist, og til pensjonist med ektemake som ikkje har rett til pensjon

100

2.

Full grunnpensjon til pensjonist med ektemake/sambuar som også har rett til pensjon, eller som forsørgjer seg sjølv1

85

3.

Tillegg for ektemake til pensjonist med full grunnpensjon før inntektsprøving

50

4.

Barnetillegg for kvart barn før inntektsprøving

40

5.

Barnepensjon

a) for 1. barn når ein av foreldra er død

40

b) for kvart av dei andre barna når ein av foreldra er død

25

c) for 1. barn når begge foreldra er døde: Samme beløp som etterlatte pensjon til den av foreldra som ville ha fått størst slik pensjon

d) for 2. barn når begge foreldra er døde

40

e) for kvart av dei andre barna når begge foreldra er døde

25

6.

Full overgangsstønad til etterlatt, ugift, skilt eller separert forsørgjar

200

7.

Særtillegg til ytingar i folketrygda

a) for einsleg pensjonist, pensjonist som forsørgjer ektemake under 60 år (ordinær sats)

100

b) for ektepar der begge har minstepensjon (100 pst. for kvar), og for pensjonist som forsørgjer ektemake over 60 år

200

c) for pensjonist som har ektemake med tilleggspensjon som er høgare enn særtillegget etter ordinær sats

74

1 Ektefelle/sambuar som har ein årlig inntekt som er større enn to ganger grunnbeløpet regnes som selvforsørgende.

Frå 1. januar 2011 blei det innført fleksibelt uttak, levealdersjustering og ny regulering av alderspensjon. Nivået på grunnpensjon og særtillegg som utbetalast til alderspensjonistar (og pensjonstillegg, som erstatta særtillegget for nye pensjonistar) påverkes difor også av uttaksalder og regulering av pensjonen. For alderspensjonistar tilsvarer fullt tillegg for ektemake og barnetillegg respektive 25 pst. og 20 pst. av minste pensjonsnivå (minste pensjonsnivå er frå 1. mai 2011 157 639 kroner).

b. Særtillegget

Særtillegg vert gitt til personar som får:

  • alderspensjon etter kapittel 19,

  • uførepensjon etter kapittel 12,

  • overgangsstønad og pensjon til attlevande ektefelle etter kapittel 17,

  • overgangsstønad eller pensjon til tidlegare familiepleiar etter kapittel 16 og

  • pensjon til foreldrelaust barn etter kapittel 18

Særtillegget er først og fremst meint for dei som pga. alder eller av andre årsaker ikkje har tent opp tilleggspensjon. Særtillegget blir redusert eller fell bort i den utstrekning det vert gitt tilleggspensjon . Frå 2011 blei særtillegget for nye alderspensjonistar erstatta av eit pensjonstillegg. Dette var ei teknisk omlegging og påverket ikkje storleikn på alderspensjonen

Andre stønader som Stortinget fastsetjer storleiken av1:

Type stønad

2011

2012

1a.

Grunnstønad for ekstrautgifter ved uførleik etter folketrygdlova § 6-3 (lågaste sats)

7 452

7 572

1b.

Ved ekstrautgifter utover lågaste sats, kan grunnstønad bli forhøya til

11 376

11 568

1c.

eller til

14 940

15 180

1d.

eller til

21 996

22 356

1e.

eller til

29 832

30 312

1f.

eller til

37 260

37 860

2a-1.

Hjelpestønad til uføre som må ha hjelp i huset 2 3

12 420

12 624

2a-2.

Hjelpestønad etter lova § 6-4 til uføre som må ha særskilt tilsyn og pleie 3

13 356

13 572

2b.

Forhøya hjelpestønad etter lova § 6-5 til uføre under 18 år som må ha særskilt tilsyn og pleie 4

26 712

27 144

2c.

eller til

53 424

54 288

2d.

eller til

80 136

81 432

3.

Behovsprøvd gravferdsstønad opptil

19 944

20 652

4.

Stønad til barnetilsyn etter lova §§15-11 og 17-95

for eitt barn

41 136

42 411

for to barn

53 676

55 340

for tre eller fleire barn

60 816

62 701

1 Satsane under pkt. 1, 2 og 4 er årlege beløp for ytingane.

2 Stønad til hjelp i huset gjeld tilfelle før 1. januar 1992.

3 Frå 1. januar 1997 er det skilt mellom stønad til hjelp i huset og stønad til særskilt tilsyn og pleie.

4 Gjeld også ved uførleik på grunn av yrkesskade, jf. lova § 12-18.

5 Frå 1. januar 2004 blir 64 pst. av dokumenterte utgifter til barnetilsyn dekte. Beløpa i tabellen er maksimale refusjonssatsar. Stønaden er inntektsprøvd.

12 Standardiserte nøkkeltal for nettobudsjetterte verksemder – STAMI

Finansdepartementet har i samråd med aktuelle departement etablert nye prosedyrar for innrapportering av nettobudsjetterte verksemder sine kontantbehaldningar pr. 31. desember med verknad for statsreknskapen for 2010. Det blei i samband med budsjettproposisjonen for 2011 utarbeida tre standardtabellar med nøkkeltal for STAMI:

Utgifter og inntekter etter art: Føremålet med tabellen er å vise verksemda sine brutto utgifter og inntekter ut frå kontantprinsippet og artsinndelt etter same prinsippa som gjeld for dei bruttobudsjetterte verksemdene

Utgifter/inntekter

Reknskap 2008

Reknskap 2009

Reknskap 2010

Budsjett 2011

1. Utgifter

Driftsutgifter:

Utgifter til løn

64 255 571

74 081 168

76 224 504

78 000 000

Varer og tenester

37 325 357

36 530 991

43 533 103

40 400 000

Sum driftsutgifter

101 580 928

110 612 159

119 757 607

118 400 000

Investeringsutgifter:

Investeringar, større anskaffingar og vedlikehald

4 522 648

1 274 415

3 519 519

3 300 000

Sum investeringsutgifter

4 522 648

1 274 415

3 519 519

3 300 000

Sum utgifter

106 103 576

111 886 574

123 277 126

121 700 000

2. Inntekter

Driftsinntekter:

Inntekter frå sal av varer og tenester

2 475 343

5 503 726

3 883 669

2 700 000

Inntekter frå avgifter, gebyr og lisensar

250

400

Refusjonar

2 158 646

1 031 474

1 804 200

700 000

Andre driftsinntekter

278 800

295 544

574 966

800 000

Sum driftsinntekter

4 912 789

6 830 994

6 263 235

4 200 000

Overføringar til verksemda:

Inntekter frå statlege løyvingar

92 200 000

93 000 000

98 300 000

98 000 000

Andre innbetalingar

12 609 817

20 535 457

24 059 141

19 500 000

Sum overføringsinntekter

104 809 817

113 535 457

122 359 141

117 500 000

Sum inntekter

109 722 606

120 366 451

128 622 376

121 700 000

3. Nettoendring i kontantbehaldning (2-1)

3 619 030

8 479 877

5 345 250

Inntekter etter inntektskjelde: Dei fleste nettobudsjetterte verksemder har fleire inntektskjelder og førermålet med tabell 2 er å gje ei oversikt over dei ulike inntektskjeldene

Inntektskjelde

2008

2009

2010

Budsjett 2011

Løyvingar til finansiering av statsoppdraget

Løyvingar frå fagdepartementet

92 200 000

93 000 000

98 300 000

98 000 000

Løyvingar frå andre departement

Løyvingar frå andre statlege forvaltingsorgan

Tildeling frå Norges forskningsråd

4 238 082

6 434 724

8 494 979

8 000 000

Sum løyvingar

96 438 082

99 434 724

106 794 979

106 000 000

Offentlege og private bidrag

Bidrag frå kommunar og fylkeskommunar

Bidrag frå private

8 371 735

15 281 228

15 541 014

10 000 000

Tildelingar frå internasjonale organisasjonar

Sum bidrag

8 371 735

15 281 228

15 541 014

10 000 000

Oppdragsinntekter

Oppdrag frå statlege verksemder

Oppdrag frå kommunale og fylkeskommunale verksemder

Oppdrag frå private

Andre inntekter (kursinntekter, laboratorieinntekter, refusjonar)

4 912 789

5 650 499

6 286 382

5 700 000

Sum oppdragsinntekter

4 912 789

5 650 499

6 286 382

5 700 000

Sum inntekter

109 722 606

120 366 451

128 622 375

121 700 000

Andre inntekter enn basisløyvinga er i hovudsak forskingsbidrag. Instituttet sine inntekter frå bidragsforskinga utgjer om lag 15 pst. av instituttet sitt totale budsjett. Inntektskjeldene er i all hovudsak offentlege midlar frå andre finansieringskjelder, hovudsakleg Norges forskingsråd og andre forskingsfond.

Verksemda si kontantbehaldning pr. 31. desember i perioden 2008 – 2010 med spesifikasjon av føremålet kontantbehaldninga skal nyttast til

Reknskapspost

2008

2009

2010

Endring 2009-2010

Kontantbehaldning

Behaldning på oppgjerskonto i Norges Bank

39 607 542

48 087 419

53 432 669

5 345 250

Behaldning på andre bankkonti, andre kontantbehaldningar og kontantekvivalentar

Sum kontantbehaldning

39 607 542

48 087 419

53 432 669

5 345 250

Avsetningar til dekking av påløpte kostnader som forfell i neste budsjettår:

Feriepengar mv.

5 658 841

7 148 620

6 436 272

-712 348

Skattetrekk og offentlege avgifter

5 778 516

5 680 256

6 807 787

1 127 531

Gjeld til leverandørar

-415

157

443 340

443 183

Gjeld til arbeidsgjevarar

Annan nettogjeld/fordring som forfell i neste budsjettår

-6 146 345

-3 325 048

-1 765 239

1 559 809

Sum til dekking av påløpte kostnader som forfell i neste budsjettår

5 290 597

9 503 985

11 922 160

2 418 175

Avsetningar til dekking av planlagde tiltak der kostnadene heilt eller delvis vil bli dekte i framtidige budsjettår

Prosjekt fiansiert av Norges forskningsråd

17 621 205

18 908 037

22 286 090

3 378 053

Større påbegynte, fleirårige investeringsprosjekt finansiert av grunnløyvinga frå fagdep.

Konkrete påbegynte, ikkje fullførte prosjekt finansiert av grunnløyvinga frå fagdep.

7 802 821

7 827 900

2 931 577

-4 896 323

Andre avsetningar til vedtatte ikkje igangsette føremål.

7 992 919

10 947 497

15 192 842

4 245 345

Sum avsetningar til planlagde tiltak i framtidige budsjettår

33 416 945

37 683 434

40 410 509

2 727 075

Andre avsetningar

Avsetningar til andre føremål/ikkje spesifiserte føremål

900 000

900 000

1 100 000

200 000

Fri verksemdskapital

Sum andre avsetninar

900 000

900 000

1 100 000

200 000

Langsiktig gjeld (netto)

Langsiktige forpliktingar knytt til anleggsmiddel

Anna langsiktig gjeld

Sum langsiktig gjeld (netto)

Sum netto gjeld og forpliktingar

39 607 542

48 087 419

53 432 669

5 345 250

Utanom avsetninga til arbeidsgjevaravgift, feriepengar og arbeidsgjevar sine pensjonsinnskudd, inneheld kontantbehaldninga konkrete utgiftsforpliktingar i form av forskotsinnbetalte forskingsbidrag i dei enkelte prosjekta, og del av tidlegare års løyving som i framtidige år vil gå med til anskaffing av vitskapeleg utstyr i tillegg til dekking av periodevise høgare kostnader, mellom anna også for NOA og den nye arbeidsmedisinske satsinga.

Til forsiden