Prop. 1 S (2013–2014)

FOR BUDSJETTÅRET 2014 Svalbardbudsjettet

Til innhaldsliste

Del 2
Dei enkelte utgifts- og inntektskapitla

Kap. 0001 Svalbard kyrkje

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2012

Saldert budsjett 2013

Forslag 2014

01

Driftsutgifter

4 301

4 215

4 360

Sum kap 0001

4 301

4 215

4 360

Det vert utført tre årsverk ved Svalbard kyrkje. Forslag til løyving for 2013 skal mellom anna dekkje husleige for kyrkja, lønsutgifter, vikarutgifter, varer og tenester som kyrkja står for i arbeidet sitt, drift av tenestebil, snøskuter og leige av helikopter. Svalbard kyrkje er eigd av staten og det er Statsbygg som har forvaltningsansvaret for bygningen. Drifts- og vedlikehaldsutgiftene for kyrkja blir dekte over kap. 2445 Statsbygg.

Kap. 0002 Tilskot til kulturelle formål m.m.

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2012

Saldert budsjett 2013

Forslag 2014

70

Tilskot til velferdsarbeid på Svalbard

860

960

0

Sum kap 0002

860

960

0

Det går fram av St.meld. nr. 22 (2008–2009 ) Svalbard, at Justis- og beredskapsdepartementet vil sjå nærare på nokre av budsjettkapitla i svalbardbudsjettet for å sikre at tildelinga på dei ulike kapitla er i samsvar med måla med kapitla. Løyvinga på dette kapitlet har gått til velferdsformål til befolkninga i Longyearbyen, Barentsburg og Ny-Ålesund. Dette budsjettkapitlet er føreslått avvikla frå 2014 og at midlane vert overført til andre kapittel:

0,5 mill. kroner vert overført til kap. 0003 Tilskot til Longyearbyen lokalstyre og skal gå til velferdsformål. Midlane skal mellom anna dekkje tilskot til kultur- og fritidsføremål og til Longyearbyen folkebibliotek. 0,3 mill. kroner vert overført til kap 0004 Tilskot Svalbard Museum. Resten av løyvinga vert overført til kap. 0007 Tilfeldige utgifter der ein kan søkje om støtte til ulike formål, inkludert velferdstiltak, bl.a. i Barentsburg og Ny-Ålesund (som tidlegare har vore gitt over kap 2).

Det vil over Kulturdepartementets budsjett for 2014 bli gitt tilskot til fleire kulturtiltak på Svalbard, jf. omtale i pkt. 4.9

Kap. 0003 Tilskot til Longyearbyen lokalstyre

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2012

Saldert budsjett 2013

Forslag 2014

70

Tilskot til Longyearbyen lokalstyre

126 681

146 063

193 418

Sum kap 0003

126 681

146 063

193 418

For 2014 er det foreslått eit tilskot til Longyearbyen lokalstyre på til saman 193,4 mill. kroner. Løyvinga skal dekkje utgiftene til drift av og investeringar i lokalstyret si verksemd.

Løyvinga er ei prisjustert vidareføring av 2013-løyvinga. Vidare er Longyearbyen lokalstyre tilført 0,36 mill. kroner i samband med ordninga med maksimalpris og to årlege opptak i barnehagar, og innføring av valfag i 10 klasse i ungdomsskulen.

Som eiger av kraftverket i Longyearbyen er Longyearbyen lokalstyre ansvarleg for tryggleiken i leveransen av varme og energi i lokalsamfunnet. Dei faglege anbefalingane i tilstands- og levetidsvurderinga har, saman med kritiske brot i nettopp leveransen av varme og energi våren og forsommaren 2013, ført til at lokalstyret ønskjer å prioritere dette arbeidet straks. Longyearbyen lokalstyre vil difor setje i gang arbeidet med oppgraderingar av kritiske tryggleiksfaktorar allereie hausten 2013. Konsekvensen av dette er at arbeidet med å reinse kraftverket blir nedprioritert i den perioden oppgraderingane skjer. Arbeidet med å reinse kraftverket vil etter planen bli teke opp igjen i 2014. Det er foreslått å auke løyvinga til investering i reinseanlegget med 41 mill. kroner og 1 mill. kroner til drift. Reinseanlegget er med dette ferdig finansiert. Det har vidare dei seinare åra vore løyvd midlar til investeringar i fjernvarmenettet. Fjernvarmenettet er finansiert ved hjelp av låneopptak og løyvinga er nytta til å betene kostnadene ved dette lånet.

Frå 2014 er kapittel 0002 Tilskot til kulturelle formål m.m. avvikla og 0,5 mill. kroner vert overført til kap. 0003 Tilskot til Longyearbyen lokalstyre og skal gå til velferdsformål. Midlane skal mellom anna dekkje tilskot til kultur- og fritidsføremål og til Longyearbyen folkebibliotek.

Etter forskrift 5. april 2 000 nr. 347 om overskotsutdeling frå Nordpolet AS, skal nettooverskotet frå Nordpolets sal av alkoholhaldig drikk overførast til Longyearbyen lokalstyre, som fordeler midlane til velferdsformål. Longyearbyen lokalstyre fordeler i 2013 overskotet for 2012 som utgjorde i overkant av 5,6 mill. kroner. Longyearbyen lokalstyre rapporterer til Sysselmannen om bruken av midlane.

Kap. 0004 Tilskot til Svalbard museum

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2012

Saldert budsjett 2013

Forslag 2014

70

Driftsutgifter

10 200

10 484

11 200

Sum kap 0004

10 200

10 484

11 200

Løyvinga skal gå til dekning av husleige og andre bygningsmessige kostnader for Svalbard museum i Svalbard forskingspark. I tillegg til denne løyvinga vert det òg tildelt midlar til Svalbard museum over Kulturdepartementets kap. 328 post 70 Det nasjonale museumsnettverket.

Frå 2014 er kapittel 0002 Tilskot til kulturelle formål m.m. avvikla og 0,3 mill. kroner vert i staden direkte overført til kap. 0004 Tilskot til Svalbard Museum.

Kap. 0005 Sysselmannen (jf. kap. 3005)

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2012

Saldert budsjett 2013

Forslag 2014

01

Driftsutgifter

39 078

35 813

42 515

Sum kap 0005

39 078

35 813

42 515

I 2012 vart det utført 42 årsverk ved sysselmannskontoret. Inkludert i dette talet er engasjement av ekstrabetjentar og feltinspektørar i sommarmånadene. Åremålet for tilsette ved sysselmannskontoret er 6 år.

Regjeringa ser det som ei viktig oppgåve å syte for at Sysselmannen kan utføre dagens oppgåver på ein god og effektiv måte og at verksemda er i stand til å møte nye utfordringar i tida framover. Løyvinga over kap. 5 Sysselmannen skal dekkje utgifter til løn og drift av sysselmannskontoret, under dette utgifter til vedlikehald og fornying av utstyrsparken. Løyvinga er ei prisjustert vidareføring av 2013-løyvinga. I tillegg vert det foreslått å styrkje Sysselmannen med tre politistillingar frå 1. juli 2014 for å setje Sysselmannen i stand til å løyse nye og større utfordringar på rednings-, beredskaps- og tryggleiksområdet innafor dei gjeldande arbeidstidsføresegnene for politiet. Dette vil bidra til å oppretthalde eit høgt aktivitetsnivå hos Sysselmannen. Miljøverndepartementet foreslår å overføre 1,5 mill. kroner som skal gå til å opprette 1 ½ ny stilling i miljøvernavdelinga hos Sysselmannen.

Dei seinare åra har presset på kontorareala òg ført til eit auka behov for å utvide Sysselmannens administrasjonsbygg. Dette arbeidet blei sett i gang i 2013 og skal etter planen ferdigstillast i 2014. Gjennom denne utvidinga blir det òg etablert eit tidsmessig stabsrom til bruk ved større hendingar der det blir etablert krisestab. Det vert òg sett av midlar i budsjettet til å utstyre tilleggsarealet på ein føremålstenleg måte, og for å skaffe til vegne naudsynte bustader og arbeidsutstyr til dei nytilsette.

Sysselmannen disponerer store utstyrs- og transportressursar, mellom anna terrenggåande beltevogner, småbåtar, snøskuterar og utstyr for oljevernberedskap. Dette er naudsynt for å kontrollere og halde oppsyn med den store øygruppa. Saman med helikopter og skip er utstyrsparken òg naudsynt for redningsberedskapen på øygruppa. Sysselmannen har òg betydelege vertskaps- og representasjonsoppgåver i samband med besøk frå inn- og utland. Fleire av besøka er på høgt politisk nivå. Det er venta at omfanget av desse oppgåvene vil halde fram i takt med interessa for Svalbard og Regjeringa si satsing i nordområda.

Justis- og beredskapsdepartementet ber Stortinget samtykkje i at departementet i 2014 kan bestille varer for inntil 3 mill. kroner utover løyvinga som er gitt under kap. 5 post 01, jf. forslag til vedtak. Svalbardbudsjettet er i stor grad eit driftsbudsjett. Fullmakta er meint å dekkje Sysselmannens behov for større utstyrsinvesteringar over budsjetterminane.

Kap. 3005 Sysselmannen (jf. kap. 5)

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2012

Saldert budsjett 2013

Forslag 2014

01

Diverse inntekter

4 423

200

200

02

Refusjonar m.v.

4 278

0

0

Sum kap 3005

8 701

200

200

Kapitlet korresponderer med kap. 5 Sysselmannen. Inntektene på post 01 omfattar bøter, gebyr, inndragingar og inntekter ved auksjonar, sal av isbjørnskinn og reinsdyrkjøtt. Bøter blir kravde inn av Statens Innkrevjingssentral, men inntektsførte under Sysselmannen. Sysselmannen mottek diverse refusjonar og får midlar stilte til disposisjon ved posteringsfullmakter. Omfanget av refusjonane varierer frå år til år, og det er vanskeleg å gi eit presist overslag. Av praktiske grunnar blir det difor budsjettert med 0 kroner på post 02. Det er foreslått at Justis- og beredskapsdepartementet får fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 5 post 01 tilsvarande det inntektsførte beløpet under kap. 3005, post 02, jf. forslag til vedtak.

Kap. 0006 Sysselmannens transportteneste (jf. kap. 3006)

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2012

Saldert budsjett 2013

Forslag 2014

01

Driftsutgifter

78 017

84 500

165 580

Sum kap 0006

78 017

84 500

165 580

Avstandane på Svalbard er store. Det finst ikkje vegsamband eller offentlege kommunikasjonsmiddel for intern transport mellom busetjingaene og elles på øygruppa. For å kunne utøve det oppsynet som er nødvendig for å handheve norsk suverenitet, er Sysselmannen heilt avhengig av både helikopter og skip. Desse transportmidla er òg heilt naudsynte for ei effektiv politi- og redningsteneste, og for ambulanse- og sjuketransport, også utanfor Svalbards territorialfarvatn. Transportmidla blir dessutan nytta til naturoppsyn og førebyggjande arbeid mot miljøkriminalitet. Utan helikopter og skip vil det ikkje vere mogleg å føre eit effektivt tilsyn med verneområde, kulturminne, jakt, ferdsel og turisme også i dei fjerne delane av øygruppa. I 2012 utførte Sysselmannen i alt 18 ambulanseoppdrag. I dette talet inngår også søkje- og redningsoppdrag. I dei fleste av desse nytta ein Sysselmannens helikopter.

Kapitlet dekkjer stasjonering og drift av to tenestehelikopter. For å styrkje arbeidet med søk og redning på Svalbard og i nærliggande havområde, har Stortinget etter forslag frå Regjeringa vedteke at Sysselmannen frå 2014 skal ha to store likeverdige helikopter. Etter forhandlingar er det inngått kontrakt med Lufttransport AS om leige av to Super Puma helikopter med avansert utstyr frå 1. januar 2014. Bakgrunnen for dette er både det utvida ansvarsområdet som følgjer av den nye redningsavtala i Arktis, og den auka betydinga Longyearbyen vil få som base for rednings- og forureiningsberedskap i dei nordlege havområda. Dette vil bidra til å styrkje redningsberedskapen på fleire måtar. Helikoptra har auka rekkevidde og vil kunne plukke opp 18 naudstilte innafor ei radius på 120 nautiske mil. Vidare har helikoptra større lasteevne, nytt moderne søkeutstyr og betre kommunikasjons- og sikkerheitsutstyr. I tillegg vert utrykkingstida på reservehelikopteret som no er to timar i kontortida og 12 timar utanom denne, redusert til to timar heile døgnet. Vidare vil styrkinga auke tryggleiken for mannskapet. For å få tilfredsstillande hangarforhold for helikoptra frå 2014, blir det bygt ein ny moderne hangar. Hangaren skal etter planen stå klar til 1. april 2014.

Det vert foreslått å auke løyvinga med 50,9 mill. kroner for å dekkje meirkostnadene ved den nye helikopteravtala og med 14,4 mill. kroner som ei eingongsutgift for å utstyre helikoptra med eit avansert styrings- og tryggleiksystem (HUMS). Vidare er det sett av 2,4 mill. kroner for å drifte helikopterhangaren frå 1. april 2014. Frå 2015 vil heilårsverknaden for helikopteravtala og leige av hangaren slå inn.

Vidare dekkjer kapitlet utgifter til leige av tenestefartøy. Tenestefartøyet til Sysselmannen er ein sentral ressurs i rednings- og beredskapssamanheng ved mellom anna fare for skipsforlis, grunnstøyting, oljeutslepp, personskadar m.v. I tillegg er det heilt avgjerande i dei årlege inspeksjonane av øygruppa og generelt i Sysselmannens utøving av mynde på øygruppa. Det er særs viktig at helikopter og båt kan samverke på ein god måte. Sysselmannens kontrakt om leige av tenestefartøy gjekk ut i 2012. For 2013 vart det inngått ein ny eittårig kontrakt. Frå 2014 er det inngått kontrakt med Remøy Management AS om leige av eit nytt isgåande fartøy med eit helikopterdekk som er stort nok for Sysselmannens nye helikopter. Fartøyet er eit nybygg frå Havyard-verftet i Sogn og Fjordane og vil vere i teneste om lag 6 månader per år. Det er sett av 17,3 mill. kroner for å dekkje auka utgiftar i samband med ny kontrakt for leige av tenestefartøy.

Kap. 3006 Sysselmannens transportteneste (jf. kap. 6)

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2012

Saldert budsjett 2013

Forslag 2014

01

Leigeinntekter

755

500

500

02

Refusjonar

1 105

Sum kap 3006

1 860

500

500

Kapitlet korresponderer med kap. 6 og viser venta inntekter og refusjonar ved utleige av dei transportmidla Sysselmannen disponerer. Etter avtale med leverandørar av transporttenester, skal Sysselmannen ha inntektene/refusjonane dersom desse transportmidla vert nytta av andre. Inntektene er frå utleige til privat verksemd, mens refusjonar gjeld utleige til andre statlege institusjonar.

For å skilje mellom inntekter og refusjonar er det ein post 01 Leigeinntekter og ein post 02 Refusjonar under kap. 3006. Det blir foreslått løyvd 0 kroner på post 02, då refusjonane varierer frå år til år og det er vanskeleg å gje eit presist overslag. Det blir foreslått at Justis- og beredskapsdepartementet får fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 6 post 01 tilsvarande det inntektsførte beløpet under kap. 3006, post 02, jf. forslag til vedtak.

Kap. 0007 Tilfeldige utgifter

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2012

Saldert budsjett 2013

Forslag 2014

01

Driftsutgifter

4 026

2 500

2 678

Sum kap 0007

4 026

2 500

2 678

Løyvinga under denne posten er disponert av Justis- og beredskapsdepartementet. Posten skal dekkje informasjonstiltak, støtte til ulike velferdsformål, støtte til utgreiingar og liknande, og mindre, ikkje føresette utgifter. Frå 2014 er kap. 0002 Tilskot til kulturelle formål m.m. avvikla og kap. 0007 Tilfeldige utgifter er styrkt med 0,18 mill. kroner.

Dei meirutgiftene Telenor har i samband med samfunnspålagte teletenester på Svalbard, er dekte over denne posten. Justis- og beredskapsdepartementet har nyleg sagt opp gjeldande avtale med Telenor og tek sikte på å forhandle fram ei ny avtale til ein lågare kostnad enn noverande. Sjå omtale under pkt. 4.5.

Kap. 0009 Kulturminnetiltak (jf. kap. 3009)

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2012

Saldert budsjett 2013

Forslag 2014

01

Driftsutgifter

1 827

2 220

2 300

Sum kap 0009

1 827

2 220

2 300

Kulturminnevernet er ein del av eit samla miljøvern på Svalbard og skal samle og ta vare på kunnskap om kulturminne på øygruppa. I tillegg skal det tene til å verne, forvalte og halde ved like kulturminna i samsvar med forskrifter og vedtekne planar, og informere om Svalbards kulturhistorie, kulturmiljø og vernetiltak knytta til dette. Miljøverndepartementet har foreslått å overføre 1,5 mill. kroner til driftsbudsjettet til Sysselmannen (kap. 0005) mellom anna for å kunne styrke kulturminnearbeidet ved å tilsette ein snikkar i halv stilling.

Kulturminneplan for Svalbard 2010–2020 låg føre i 2011. Planen dannar grunnlaget for dei forvaltningsstrategiane det er lagt vekt på i kulturminnevernet for Svalbard. Arbeidet med undersøkingar i felt og registreringar held fram. I samsvar med kulturminneplanen blir det arbeidd med bygningsvern og med å avdekkje nedbrytingsmekanismar for å utvikle metodar for istandsetjing og vedlikehald. Det er òg viktig å føre vidare det haldningsskapande informasjonsarbeidet, mellom anna gjennom ein serie med informasjonshefte.

Kap. 3009 Kulturminnetiltak (jf. kap. 9)

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2012

Saldert budsjett 2013

Forslag 2014

01

Driftsutgifter

-

-

0

Sum kap 3009

-

-

0

Det er oppretta eit nytt kapittel 3009 Kulturminnetiltak frå 2014 for å synleggjere inntekter relatert til kap. 9 Kulturminnetiltak.

Kap. 0011 Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2012

Saldert budsjett 2013

Forslag 2014

01

Driftsutgifter

1 177

1 500

1 550

Sum kap 0011

1 177

1 500

1 550

Direktoratet har hovudkontor i Trondheim. I tillegg har direktoratet eige kontor og ei bergmeisterstilling på Svalbard. For 2014 vil Direktoratet prioritere saksbehandling og tilsyn. Direktoratet vil informere om miljøregelverket og sjå til at undersøkingar og uttak av mineral blir gjennomførte slik at også ressurs- og miljøaspekt blir tekne vare på. For nærare omtale, sjå kap. 4.2.

Kap. 0017 Refusjon til Norsk Polarinstitutt

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2012

Saldert budsjett 2013

Forslag 2014

50

Refusjon

3 040

3 125

3 230

Sum kap 0017

3 040

3 125

3 230

Norsk Polarinstitutt er underlagt Miljøverndepartementet. Norsk Polarinstitutt har ei omfattande verksemd på Svalbard, med mellom anna forsking, topografisk og geologisk kartlegging, forskingsservice, drift av forskingsstasjonar, ettersyn og rådgiving i miljøspørsmål overfor sentrale og lokale forvaltningsorgan. Det meste av budsjettmidlane til instituttet si verksemd på Svalbard blir dekte over Miljøverndepartementets kap. 1471.

Refusjonen til Norsk Polarinstitutt over Svalbardbudsjettet skal gi delvis dekning for oppgåver instituttet utfører på Svalbard for andre enn miljøforvaltninga. Dette omfattar topografisk kartlegging, forvaltningsrådgiving overfor Sysselmannen og miljøretta kunnskapsformidling og informasjon. Polarinstituttet yter òg logistisk støtte til norsk og utanlandsk forskingsverksemd på Svalbard.

Kap. 0018 Navigasjonsinnretningar

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2012

Saldert budsjett 2013

Forslag 2014

01

Driftsutgifter

3 756

3 860

4 000

Sum kap 0018

3 756

3 860

4 000

Løyvinga skal dekkje utgifter til navigasjonsinnretningar i farvatnet ved Svalbard. Innretningane er vanlegvis etablerte for sjøtrafikk, men det finst òg eit visst tal aerolykter etablerte for lufttrafikk med helikopter. Norsk Polarinstitutt utfører tenesta på oppdrag frå Kystverket, og så langt det er praktisk mogeleg i kombinasjon med instituttet si ekspedisjonsverksemd på Svalbard.

Kap. 0019 Statens bygningar på Bjørnøya og Hopen

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2012

Saldert budsjett 2013

Forslag 2014

01

Driftsutgifter

6 332

6 300

6 510

Sum kap 0019

6 332

6 300

6 510

Kap. 19 Statens bygningar på Bjørnøya og Hopen skal synleggjere utgiftene til husleige for statens bygningar på Bjørnøya og Hopen. Drifta av dei meteorologiske stasjonane på øyane vert finansiert av Kunnskapsdepartementet over Meteorologisk institutts budsjett.

Kap. 0020 Statens bygningar i Longyearbyen (jf. kap. 3020)

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2012

Saldert budsjett 2013

Forslag 2014

01

Driftsutgifter

11 989

11 200

11 600

45

Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast

5 033

1 500

3 700

Sum kap 0020

17 021

12 700

15 300

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga skal dekkje utgifter til vedlikehald og drift av bygningsmassen som ikkje er innlemma i den statlege husleigeordninga på kap. 2445 i statsbudsjettet, slik som inventar, lys, fjernvarme, vatn, avløp, renovasjon, vegar og veglys. Løyvinga skal vidare dekkje løn og drift for delar av lokaladministrasjonen til Statsbygg. Løyvinga dekkjer òg utgifter til husleige for bygningane som vert forvalta av Statsbygg innafor husleigeordninga i statsbudsjettet.

Post 45 Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast

Bustaden for Sysselmannen har over tid hatt behov for rehabilitering. Frå 2008 er det løyvd midlar som har gått med til førebuande arbeid. Reparasjons- og rehabiliteringsarbeida av sjølve bygningen starta opp i 2011. Arbeidet vart fullført i 2012.

Arbeidet med utvidinga av Sysselmannen sitt administrasjonsbygg vert sett i gang i 2013 og skal etter planen verte ferdigstilt i 2014. Løyvinga skal dekkje større utstyrsinnkjøp og vedlikehald og er ei styrking samanlikna med løyvinga før arbeidet med bustaden til sysselmannen starta. Løyvinga vil setje Statsbygg i stand til å reparere setningsskadar på lagerbygget sitt i Longyearbyen og stoppe forfall og oppgradere nokre av de statlege bustadene i byen. Delar av denne løyvinga må frå 2015 omdisponerast til å betene auke i husleiga for administrasjonsbygget til Sysselmannen når arbeidet med bygningen er ferdig og husleiga får heilårsverknad.

Kap. 3020 Statens bygningar i Longyearbyen (jf. kap. 20)

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2012

Saldert budsjett 2013

Forslag 2014

01

Diverse inntekter

5 101

4 820

4 820

Sum kap 3020

5 101

4 820

4 820

Kapitlet korresponderer med kap. 0020. Inntektene refererer seg til innbetalingar av husleige frå bygningar som ikkje er innlemma i husleigeordninga på kap. 2445 i statsbudsjettet. I tillegg kjem inntekter frå utleige av post- og bankbygningen. Kap. 3020 omfattar òg mindre inntekter frå sal av kassert materiell og utstyr, pluss inntekter frå overnattingar på Statsbyggriggen.

Det er foreslått at Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet i 2014 kan overskride løyvinga under kap. 20, post 01, tilsvarande inntekter utover vedteke budsjett på kap. 3020, post 01.

Kap. 0022 Likningsforvaltninga for Svalbard (jf. kap. 3022)

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2012

Saldert budsjett 2013

Forslag 2014

01

Driftsutgifter

3 022

3 050

3 150

Sum kap 0022

3 022

3 050

3 150

Forslaget til løyving skal gå til løns- og driftsmidlar for skattekontoret i Longyearbyen. Løyvinga skal òg dekkje utgifter til skatteklagenemnda for Svalbard, og utgifter til fagleg og administrativ bistand og oppfølging frå Troms fylkesskattekontor. I samband med innføringa av miljøgebyr på Svalbard, sjå omtale under kap. 4.1 Miljøverndepartementet, skal skattekontoret på Svalbard stå for det praktiske arbeidet med refusjon av gebyret til fastbuande på vegner av Svalbard miljøvernfond. Det er difor inngått ei avtale mellom skattekontoret og miljøvernfondet som regulerer den godtgjeringa skattekontoret skal ha for denne oppgåva.

Mål- og resultatstyring av skattekontoret skjer innafor det ordinære mål- og resultatstyringssystemet som til ei kvar tid er fastsett for likningsforvaltninga på Svalbard.

Kap. 3022 Likningsforvaltninga for Svalbard (jf. kap. 22)

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2012

Saldert budsjett 2013

Forslag 2014

01

Driftsutgifter

-

-

0

Sum kap 3022

-

-

0

Det er oppretta eit nytt kapittel 3022 Likningsforvaltninga for Svalbard frå 2014 for å synleggjere inntekter relatert til kap. 22 Likningsforvaltninga for Svalbard.

Kap. 3030 Skattar og avgifter

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2012

Saldert budsjett 2013

Forslag 2014

70

Skattar m.m.

515 467

159 000

120 000

71

Utførselsavgift

8 051

6 000

6 000

72

Utmålsgebyr, årsavgift

1 032

1 032

1 026

Sum kap 3030

524 550

166 032

127 026

Post 70 Skattar m.m.

Post 70 gir eit overslag over venta skatteinntekter frå Svalbard for 2014. Skatteinntektene som vart rekneskapsførte i 2009-2012 var unormalt høge. Dette skuldast i hovudsak eit stort overskot i gruveselskapet Store Norske Spitsbergen Kulkompani og skatteinntekter frå verksemda til Seadrill Norge. Det er venta at skatteinntektene for 2014 vil gå tilbake til nivået for 2008 og tidlegare år.

Post 71 Utførselsavgift

Utførselsavgift blir kravd inn i medhald av lov 17. juli 1925 nr. 2 om avgift av kol, jordoljer og andre mineralar og bergarter som blir førte ut frå Svalbard. Satsane for utrekning av avgift til statskassa av kol som blir utført frå Svalbard, vart endra med verknad frå 2004.

Inntektene frå utførselsavgifta er avhengig av utskipa kvantum kol og kolprisen på verdsmarknaden.

Post 72 Utmålsgebyr, årsavgift

Utmål er eit avgrensa område der utmålshavaren for ein gitt periode har einerett til å utnytte geologiske ressursar. Inntektene under denne posten kjem frå avgift ved krav om og vidareføring av utmål som er nedfelte i Bergverksordninga. Årsavgifta for å føre vidare eit utmål er 6 000 kroner.

I 2012 var det eitt avgiftspliktig utmål som gjekk ut. Per januar 2013 vart det vidareført 371 utmål, av desse er 210 avgiftspliktige.

Med bakgrunn i fredinga av delar av Svalbard i 2003 har Nærings- og handelsdepartementet, i samråd med dei andre departementa dette vedkjem, redusert avgifta for utmål som ligg i verna område. Det er ikkje rimeleg å krevje full avgift når vernet fører til at ein ikkje kan ha nokon aktivitet i utmåla. Utmålsavgifta er i slike høve sett til 1 500 kroner i året per utmål. Dette gjeld 50 utmål. For utmåla i Øvre Reindalen skal det framleis betalast full avgift, då det er opna for bergverksaktivitet der. Det er lagt til grunn at ingen avgiftspliktige utmål går ut i framlegget til budsjett for 2014.

Kap. 3035 Tilskot frå statsbudsjettet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2012

Saldert budsjett 2013

Forslag 2014

70

Tilskot

-240 419

145 738

323 245

Sum kap 3035

-240 419

145 738

323 245

Dette inntektskapitlet tilsvarer det tilskotet som er foreslått løyvd på Justis- og beredskapsdepartementets budsjett kap. 480 Svalbardbudsjettet post 50 Tilskot. Løyvinga skal dekkje underskotet på svalbardbudsjettet. Skatteinntektene på Svalbard har dei siste åra vore unormalt høge jf. omtale under kap. 3030. Dette har gjeve eit positivt resultat som inneber at svalbardbudsjettet ikkje har motteke tilskot, men òg i 2012 tilbakeført midlar til statskassa.

Til forsida