1 Innleiing og samandrag
Samferdselsdepartementet legg med dette fram utkast til ny lov om samferdsel. Tittelen på lova er endra til »lov om yrkestransport med motorvogn og fartøy», (yrkestransportlova) som er ei meir presis og sjølvforklarande formulering av verkeområdet for lova enn »lov om samferdsel».
Strukturen i lovutkastet er endra i høve til gjeldande lov for å gjere lovverket meir brukarvennleg. Lova er såleis delt opp i ulike underkapittel, om løyve, om kven som er løyvestyresmakt, om tilskot til rutetransport m.v. Når det gjeld turvogn og gods gjev løyvet direkte tilgang til marknaden, men for rute- og drosjetransport må ein i tillegg ha eit behovsprøvd løyve. Rutetransport til sjøs vert løyvemessig i store trekk handsama som rute på veg.
Dei viktigaste materielle endringane i lovutkastet er:
virkeområdet for lova vert utvida til å gjelde transport med luftputefartøy
transport med beltebil vert ikkje lenger omfatta av lova
ein noko utvida rett til transport av rutekarakter med buss utan krav om ruteløyve, særleg innretta på fritidsreiser
høve for tilsette i det offentlege omsorgsapparatet til å utføre persontransport med personbil, som har naturleg tilknyting til utføring av arbeidet
høve til å nytte anbod også for ferjeruter
ansvaret for handsaming av løyve for godstransport vert overført til fylkeskommunen, tilsvarande som for andre løyve
heimlane til å kunne gje fritak frå løyvekravet er samla på departementsnivå
det vert gitt klar heimel for omlasting på staden ved transport av gods utan påbode løyve
retten til å krevje at rettsubjekt med ruteløyve skal slutte seg saman og til å krevje omgjort aksjeoverdragingar vert tatt bort
avgrensinga på retten til å drive utleige av buss registrert for meir enn 17 personar til berre å gjelde mellom innehavarar av ruteløyve vert tatt bort
teieplikta er overflødig ved sidan av forvaltningslova sine reglar om teieplikt
transportselskapa sine kontrollørar får i visse høve rett til å halde tilbake personar som ikkje kan syne gyldig billett i kontroll