3 Auking av fiskerfrådrag
Etter skattelova § 6-60 første ledd kan fiskarar og fangstfolk på nærare vilkår krevje eit særskilt frådrag på 30 prosent av netto arbeidsinntekt frå fiske og fangst. Frådraget er i dag maksimalt 80 000 kroner. Departementet foreslår å auke det maksimale frådraget til 115 000 kroner. Auka fiskarfrådrag vil saman med innstramminga i nettlønnsordninga for sjøfolk, redusere dagens konkurransevridning mellom fiskerinæringa og anna skipsfartsnæring. Forslaga er omtalt i St.prp. nr. 59 (2007-2008) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2008. Departementet viser til forslag til endring i skattelova § 6-60 første ledd. Departementet foreslår at endringa trer i kraft straks med verknad frå og med inntektsåret 2008.