10 Oppretting av feil og klargjering av lovtekst
10.1 Endring i skattelova § 2-38 for å presisere at europeiske selskap og europeiske samvirkeforetak omfattast av fritaksmetoden
Ved lov av 1. april 2005 nr. 14 om europeiske selskap og lov av 30. juni 2006 nr. 50 om europeiske samvirkeforetak blei det gitt reglar om to nye foretaksformer. Lovene gjennomfører rådsforordning (EF) nr. 2157/2001 av 8. oktober 2001 om vedtektene for det europeiske selskap (SE) og rådsforordning (EF) nr. 1435/2003 om vedtektene for europeiske samvirkeforetak i norsk rett. Disse forordningane er ein del av EØS-avtalen og dermed bindande for Noreg.
For europeisk selskap med forretningskontor i Noreg gjeld allmennaksjelova tilsvarande så langt den passar. For europeisk samvirkeforetak med forretningskontor i Noreg gjeld samvirkelovgivinga så langt den passar. Selskapsformene svarer såleis i all hovudsak til allmennaksjeselskap og samvirkeforetak. Den vesentlege skilnaden er at selskapa skal kunne flytte hovudkontor innanfor EØS utan at dei må oppløysas og nystiftas.
I skattelova § 2-38 første ledd, som angir dei selskapa som omfattas av fritaksmetoden for skattlegging av aksjeinntekter, vises det mellom anna til skattelova § 2-2 første ledd bokstav a til d. Europeisk selskap og europeisk samvirkeforetak er ikkje særskilt nemnt i skattelova § 2-2 første ledd bokstav a til d. Dette inneber at det ikkje går klart fram at europeisk selskap og europeisk samvirkeforetak er omfatta av fritaksmetoden.
Etter departementet sitt syn bør det gå klart fram av skattelova § 2-38 første ledd at europeisk selskap og europeisk samvirkeforetak er omfatta av fritaksmetoden. Det vises til forslag til § 2-38 første ledd ny bokstav i og j.
10.2 Lov om likningsforvaltning
Lov 13. juni 1980 nr. 24 om ligningsforvaltning § 4-10 gjeld pålegg om å medverke til undersøkingar. Etter § 4-10 nr. 2 første punktum har «regnskapspliktig» skattytar plikt til å leggja fram rekneskapsbøker og dokument som nemnd i nr. 1 a utan omsyn til teieplikt.
Kven som er «regnskapsplikig» er definert i lov 17. juni 1998 nr. 56 om årsregnskap m.v. (regnskapsloven) § 1-2. Ved lov 19. november 2004 nr. 73 om bokføring (bokføringsloven) blei omgrepet «bokføringspliktig» innført. Dette er definert i bokføringslova § 2, og omfattar alle som har rekneskapsplikt, plikt til å levere næringsoppgåve etter likningslova eller omsetningsoppgåve etter meirverdiavgiftslova, samt dei skattestyresmaktene pålegg bokføringsplikt. Dette var tidligare omfatta av omgrepet «regnskapspliktig», og følgde av rekneskapslova § 1-2, sjå Ot.prp. nr. 46 (2003-2004) s. 110.
Etter gjeldande rett er dermed omgrepet «bokføringspliktig» meir omfattande enn «regnskapspliktig», noko som betyr at likningslova § 4-10 nr. 2 har fått eit snevrare verkeområde enn før innføring av bokføringslova. Dette er ikkje tilsikta, og departementet foreslår at «regnskapspliktig» i likningslova § 4-10 nr. 2 første punktum blir endra til «bokføringspliktig».
Departementet viser til forslag til endring i likningslova § 4-10 nr. 2 første punktum.
10.3 Bokføringspålegg og tvangsmulkt på vilkår ved brot på bokføringslovgivinga
I lov 14. desember 2007 nr. 100 vart det vedtatt reglar i skattebetalingslova av 1952, meirverdiavgiftslova, likningslova og skattebetalingslova av 2005 som gir skatte- og avgiftsstyresmaktene heimel til å gi bokføringspålegg og fatte vedtak om tvangsmulkt på vilkår ved brot på bokføringslovgivinga. Reglane er sett i kraft.
Det er lagt opp til at retten til å klage skal følgje klagereglane i den lova som heimlar bokføringspålegget og vedtaket om tvangsmulkt, det vil seie anten skattebetalingslova av 1952, meirverdiavgiftslova, likningslova eller skattebetalingslova av 2005.
Bokføringspålegg og vedtak om tvangsmulkt på vilkår gitt med heimel i meirverdiavgiftslova er ikkje ein del av sjølve avgiftsberekninga etter meirverdiavgiftslova, jf Ot.prp. nr. 1 (2007-2008) side 180. Der er det vidare uttrykt: «Klage over vedtakene vil følge reglene i forvaltningsloven, slik at den bokføringspliktige kan klage til Skattedirektoratet». Forvaltningslova har reglar om klage over vedtak i § 29. Eit bokføringspålegg vil ikkje vere eit «vedtak» etter definisjonane i forvaltningslova § 2 bokstav a og bokstav b. Bokføringspålegg vil vere ein type prosessledande avgjerd, og det er ikkje heimel for å klage på denne typen avgjerd i forvaltningslova.
Det vil vere rett til å klage over bokføringspålegg gitt med heimel i skattebetalingslova av 1952, sjå § 47b, likningslova, sjå § 3-6 og ny skattebetalingslov, sjå § 5-15. For at det også skal vere heimel til å klage over bokføringspålegg gitt med heimel i meirverdiavgiftslova, foreslår departementet eit nytt punktum i meirverdiavgiftslova § 46a, som seier at klagereglane i likningslova § 3-6 gjeld tilsvarande ved klage over bokføringspålegg gitt med heimel i meirverdiavgiftslova. Departementet viser til forslag til nytt siste punktum i meirverdiavgiftslova § 46a. Departementet foreslår at endringa tek til å gjelde straks.
10.4 Lov om meirverdiavgift
I lov 19. juni 1969 nr. 66 om merverdiavgift § 50 andre ledd bokstav b og c er det tilvisingar til lov 14. juni 1985 nr. 61 om verdipapirhandel og lov 16. juni 1989 nr. 53 om eiendomsmegling. Begge lovane er oppheva. I bokstav b vil rette tilvising no vere lov 29. juni 2007 nr. 75 om verdipapirhandel (verdipapirhandelloven). I bokstav c vil rette tilvising no vere lov 29. juni 2007 nr. 73 om eiendomsmegling.
Departementet foreslår at tilvisingane til lovane blir retta opp og viser til forslag til endring av meirverdiavgiftslova § 50 andre ledd bokstav b og c.
10.5 Lov om avgift på utslipp av CO2 i petroleumsvirksomhet på kontinentalsokkelen
Etter lov om avgift på utslipp av CO2 i petroleumsvirksomhet på kontinentalsokkelen § 3 kan CO2-avgifta «ikke trekkes fra ved beregning av produksjonsavgift etter petroleumsloven § 4-9».
Ved lov 27. juni 2003 nr. 68 blei lovføresegna i petroleumslova § 4-9 flytta til petroleumslova § 4-10, jf. Ot.prp. nr. 46 (2002-2003). I samband med lovendringa blei tilvisinga i CO2-avgiftslova § 3 ved ein inkurie ikkje endra tilsvarande. Departementet foreslår at dette blir retta opp.
I nasjonalbudsjettet 2000 vedtok Stortinget å gradvis avvikle produksjonsavgifta, jf. St.prp. nr. 1 (1999-2000) Skatte-, avgifts- og tollvedtak punkt 3.25 og Budsjett-innst. S.nr.1 (1999-2000) punkt 6.25. I dag inneber dette at frådrag for CO2-avgift ved berekning av produksjonsavgift ikkje er ei aktuell problemstilling.
Departementet viser til forslag til endring av lov om avgift på utslipp av CO2 i petroleumsvirksomhet på kontinentalsokkelen § 3. Departementet foreslår at endringa tek til å gjelde straks.
10.6 Petroleumsskattelova § 3 d tredje ledd
Reglane om finansielle postar i petroleumsskattelova vart endra ved lov 15. desember 2006 nr. 75 med verknad frå inntektsåret 2007. Grunngjevinga bak lovforslaget var å redusere tilpassingane til oljeselskapa, korrigere minstekapitalregelen og forenkle skattereglane (til dømes behandlinga etter petroleumskattelova § 10). Sjå Ot.prp. nr. 1 (2006-2007) kapittel 9 for ei nærmare utgreiing av lovforslaget.
Endringslova innførde mellom anna nye reglar om fordeling av finansielle postar mellom sokkel og land, jf. petroleumsskattelova § 3 d. Etter dei nye reglane skal ein fastsetje skattefrådraget for rentekostnader og tilhøyrande valutaposter på renteberande gjeld basert på skattemessige verdiar av formuesobjekt tilordna sokkeldistriktet etter ein nærmare regulert formel. Petroleumsskattelova § 3 d tredje ledd angir dei fysiske og immaterielle driftsmidla tilordna sokkeldistriktet som ein skal rekne som formuesobjekt etter formelen. I Ot.prp. nr. 1. (2006-2007) punkt 9.6.3 heiter det:
«I tillegg til nevnte realaktiva (og eventuell utvinningstillatelse), foreslår departementet at også immateriell kapital i utgangspunktet skal inngå i sokkelgrunnlaget. Det gjelder for det første ervervede immaterielle formuesobjekter i utvinningsvirksomheten, med unntak av forretningsverdi. Videre skal medtas aktiverte kostnader til forskning og utvikling etter skatteloven § 6-25. I Ot.prp. nr. 86 (2000-2001) er det gitt en nærmere redegjørelse og begrunnelse for å henføre disse driftsmidlene til sokkelgrunnlaget ved fordeling etter gjeldende regel i petroleumsskatteloven § 3 d. Det vises til gjennomgangen der, som har tilsvarende relevans i forhold til spørsmålet om hvilke formuesobjekter som skal medtas i sokkelgrunnlaget etter departementets forslag her.»
Før lovendringa i 2006 synte petroleumsskattelova § 3 d tredje ledd bokstav b til skattelova § 14-40 bokstav a. Då petroleumsskattelova blei endra har koplinga til skattelova § 14-40 bokstav a ved ein inkurie falt ut av føresegna.
Slik petroleumsskattelova § 3 d tredje ledd bokstav b er utforma i dag, skal òg «[e]rvervet forretningsverdi med kostpris på 15 000 kroner eller høyere» tilordnes sokkeldistriktet ved bruk av formelen (skattelova § 14-40 første ledd bokstav b). Det er ikkje i samsvar med forslaget frå departementet, sjå Ot.prp. nr. 1. (2006-2007) punkt 9.6.3 sitert over. Departementet viser òg til notat om finansielle postar i petroleumsskattelova som blei sendt på høyring 2. juni 2006.
Departementet gjer framlegg om å rette koplinga til skattelova § 14-40. Sjå forslag til endring av petroleumsskattelova § 3 d tredje ledd bokstav b.
Departementet foreslår at endringa tek til å gjelde straks med verknad frå og med inntektsåret 2007.
10.7 Lov om avgift av kull, jordoljer og andre mineraler og bergarter som utføres fra Svalbard
Frå 1. januar 2008 blei skatteetaten organisert i fem regionar, og kvar region fekk eit skattekontor som erstatta likningskontora, fylkesskattekontora, skattefutkontora og folkeregisteret i regionen. Den nye organiseringa er nærare forklart i Ot.prp. nr. 1 (2006-2007) kapittel 3.
Reorganiseringa av skatteetaten kravde ei rekkje lovendringar. Mellom anna måtte alle føresegner der det blei vist til «likningskontor» og «likningsnemnd» endrast til «skattekontor» og «skatteklagenemnd». Departementet foreslår at dette også blir gjort i lov 17. juli 1925 nr. 2 om avgift av kull, jordoljer og andre mineraler og bergarter som utføres fra Svalbard.
Departementet viser til forslag til endringar i lov om avgift av kull, jordoljer og andre mineraler og bergarter som utføres fra Svalbard §§ 3, 4, 5 og 6.
10.8 Lov 14. desember 2007 nr. 107 om endringar i lov 26. mars 1999 nr. 14 om skatt av formue og inntekt (skattelova)
I Ot.prp. nr. 31 (2007-2008), jf. Innst. O. nr. 46 (2007-2008), blei det foreslått endringar i overgangsreglane til endringane i reiarlagskatteordninga som blei vedteke ved lov 14. desember 2007 nr. 107. Endringane i overgangsreglane blei vedteke av Odelstinget 26. april 2008 og av Lagtinget 29. april 2008, jf. Besl. O. nr. 72 (2007-2008), og sanksjonert i statsråd 9. mai 2008.
Ved ein feil er det i forslaget og dermed også i vedtaket gjort endringar i del IX i lov 14. desember 2007 nr. 107 om endringer i lov 26. mars 1999 nr. 14 om skatt av formue og inntekt (skatteloven). Endringa skulle ha gjeldt del X i denne lova. Departementet føreslår at dette blir retta opp.
Departementet viser til forslag til endringar i del IX og X i lov 14. desember 2007 nr. 107 om endringer i lov 26. mars 1999 nr. 14 om skatt av formue og inntekt (skatteloven). Departementet føreslår at endringane blir sett i kraft straks.