4 Økonomiske og administrative konsekvensar
Dei samla økonomiske konsekvensane av at Tysfjord vert innlemma i forvaltningsområdet er rekna til om lag 4,5 - 5 mill. kroner. Det er føresett at kostnader i samband med innlemminga av Tysfjord kommune i området skal dekkjast innanfor den budsjettramma som til kvar tid gjeld for det enkelte departementet.
Utgifter som er knytte til ei eventuell ytterlegare utviding av forvaltningsområdet, må vurderast i samband med dei årlege budsjettframlegga.
Forslaget til ny § 3-1 er ei administrativ forenkling ved at eventuelle seinare utvidingar kan skje ved endring av forskrift framfor ved lovendring.