3 Merknader til forslaget
3.1 Etablering av forskriftsheimel - utviding av forvaltningsområdet for samisk språk
3.1.1 Forslag i høyringsnotatet
Det går fram av sameloven § 3-1 kva for kommunar som i dag utgjer forvaltningsområdet for samisk språk. Dersom innlemming i forvaltningsområdet etter kvart blir aktuelt for fleire kommunar, er det ikkje tenleg lovteknisk å presisere dette ved kommunenamn i loven. Departementet foreslo derfor ei endring der det ikkje lenger vert slått fast direkte i loven kva for kommunar som utgjer forvaltningsområdet for samisk språk, men at dette vert fastsett av Kongen i forskrift. Formålet med forslaget er å unngå at det må gjerast lovendring ved eventuelle framtidige endringar av forvaltningsområdet for samisk språk. Forslaget i høyringsnotatet til ny § 3-1 lyder slik: »Innenfor forvaltingsområdet for samisk språk skal enhver ha samiske språkrettigheter etter bestemmelsene i dette kapitlet. Kongen fastsetter i forskrift hvilke kommuner som skal inngå i forvaltningsområdet for samisk språk».
3.1.2 Høyringsinstansanes syn
Dei fleste høyringsinstansane var samde med departementet i at det vert etablert ein forskriftsheimel der Kongen fastset kva for kommunar som skal vere ein del av forvaltningsområdet for samisk språk.
Utdannings- og forskingsdepartementet viser til forholdet i lov av 17. juli 1996 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (Opplæringslova) § 6-1 der det i definisjonen av kva som vert rekna som »samisk distrikt» i opplæringssamanheng, vert vist til definisjonen i gjeldande § 3-1 i sameloven. Endringa som er foreslått, vil ha konsekvensar for forvaltningsområdet for samisk opplæring. Utdannings- og forskingsdepartementet vil halde fast på dagens ordning i opplæringsloven, dvs. avgrense rekkjevidda til paragrafen til gjeldande definisjon av samisk distrikt. Dette vil krevje ei endring i opplæringsloven slik at reglane får same ordlyd som gjeldande definisjon i sameloven § 3-1 nr. 1.
Norsk språkråd peikar i si høyringsfråsegn på vanskar ved prosedyren for innlemming av nye kommunar og stiller spørsmål ved om ikkje konsekvensane av prosedyren bør vurderast nærare. Dei viser til at det er gitt inntrykk av at eit enkelt vedtak i kommunestyret vil vere tilstrekkeleg til at kommunen vert ein del av forvaltningsområdet, og dei meiner at det bør vurderast nærare kva for følgjer eit slikt prinsipp har ved skiftande politiske fleirtal. Det kan vere grunn til å avklare dette på prinsipielt grunnlag fordi det dreier seg om divergerande og kjenslemessige standpunkt, og om store overføringar til kommunane i forvaltningsområdet.
Justisdepartementet støttar forslaget om å ta ut lista over kommunar som utgjer forvaltningsområdet for samisk språk i § 3-1 nr. 1, og heller regulere dette i forskrift. Dei peikar på at første punktum i utkastet til ny § 3-1, kan gi inntrykk av å innskrenke verkeområdet til kapitlet sidan enkelte av føresegnene i kapittel 3 går utover forvaltningsområdet for samisk språk. Dei tilrår at første punktum vert teke ut.
Etter Justisdepartementets syn vil det vere betre å slå saman forslag til ny § 3-1 med den gamle § 3-1, slik at ein ikkje treng omnummerere paragrafar eller innføre bokstavnummer.
Fleire høyringsinstansar hadde merknader til dei økonomiske konsekvensane av at området på sikt vert utvida.
Sametinget føreset at ei utviding av forvaltningsområdet medfører ein auke i midlane til tospråksbruk, slik at det ikkje medfører ein reduksjon av overføringane til dei seks kommunane som i dag er definerte som forvaltningsområdet for samisk språk.
Fråsegnene frå dei ulike kommunane understrekar at overføringane til kommunane må aukast slik at dei vert betre i stand til å revitalisere det samiske språket.
Fylkesrådet i Nord-Trøndelag peikar på at det er ein føresetnad at det skjer ei samhandling med dei aktørane det gjeld, dersom det gjennom forskrift blir innlemma nye område i forvaltingsområdet.
3.1.3 Departementets vurdering og forslag
Grunngivinga for å etablere ein eigen forskriftsheimel i ny § 3-1 var at ein ville synleggjere forskriftsheimelen i ei eiga føresegn, og at ein forskriftsheimel lovteknisk sett ikkje høyrde heime i ei føresegn om definisjonar, jf. gjeldande lov § 3-1 nr. 1 - 4. I si høyringsfråsegn peikar Justisdepartementet på at det kan aksepterast å ha ein forskriftsheimel i ein paragraf som skal gi definisjonar. Departementet støttar synspunkta frå Justisdepartementet og foreslår å slå saman forslag til ny § 3-1 med gjeldande § 3-1. På denne måten slepp ein å omnummerere dei følgjande paragrafane og innføre bokstavnummer. Justisdepartementet peikar vidare på at første punktum i forslag til ny § 3-1 verkar innskrenkande på verkeområdet til kapitlet, fordi enkelte av reglane rekk utover forvaltningsområdet for samisk språk. Forslaget hadde ikkje som formål å innskrenke verkeområdet til kapitlet, men å seie noko generelt om kva for språklege rettar innbyggjarane har ved deltaking i forvaltningsområdet for samisk språk. Departementet støttar likevel synspunktet frå Justisdepartementet og foreslår at første punktum vert teke ut.
Ved prosedyren for innlemming av nye kommunar har departementet lagt til grunn at det er ein føresetnad at dei respektive kommunane i første hand fattar eit vedtak om å inngå i språkområdet, og at dette vert diskutert med Sametinget. I samsvar med sameloven § 2-2 går det fram at »andre offentlige organ bør gi Sametinget anledning til å uttale seg før det treffes en avgjørelse i saker på Sametingets arbeidsområde». Arbeidsområdet for Sametinget er alle saker som har særlege følgjer for den samiske befolkninga, jf. sameloven § 2-1. Sametinget må vurdere spørsmålet og eventuelt gjere eit nytt vedtak om at forvaltningsområdet for samisk språk skal utvidast. Når det gjeld merknaden frå Språkrådet, viser departementet såleis til at det er Sametinget som blir det organ, som fremjar forslag til Kultur- og kyrkjedepartementet om forvaltningsområdet for samisk språk skal utvidast eller ikkje. Departementet vil så følgje opp dette framlegget ved å vurdere ei endring i den forskrifta som er foreslått om forvaltningsområdet for samisk språk.
Det vil vere Kongen som fastset endringar i forskrifta, då ei utviding vil ha økonomiske konsekvensar for fleire departement. Utviding av forvaltningsområdet gjennom forskrift må følgje reglane i lov om behandlingsmåten i forvaltningssaker (forvaltningsloven) 10. februar 1967 kapittel 7 Om forskrifter, om plikt til å greie ut sakene, høyring og formkrav.