3 Verdien av datasenternæringa
I 2020 og 2021 har vi teke i bruk heimekontor og heimeskule i ein heilt annan skala enn tidlegare. Dette har gjort det mogleg å oppretthalde aktivitet i skule- og arbeidsliv, samtidig som det har avgrensa smittespreiinga gjennom koronapandemien. Auken i bruk av videokonferanseløysingar både i arbeidsliv og i skulen har vore svært stor i pandemisituasjonen, og det at desse i hovudsak baserer seg på skytenester gjorde det mogleg å skalere raskare opp i takt med auka bruk. For nokre år sidan ville vi truleg hatt større utfordringar med å holde samfunnet i gang, men betydelege investeringar i utbygging og drift av breibands- og mobilnett og datasenter dei siste åra har gjortdet mogleg å handtere den auka belastninga. Dette har vore viktig for alt frå å oppretthalde sosial kontakt til å oppretthalde produksjonen i samfunnet.
Norske datasenter og ekomnett er bygde for å tole stor trafikk, og dei er godt drifta. Sidan 2012 har dei private utbyggarane investert over 80 milliardar kroner i den digitale infrastrukturen i form av mobil- og breibandsnett. I tillegg har datasenternæringa investert betydelege beløp i datasenter i Noreg med 2,7 milliardar kroner berre i 2019 og 2020. Dette har resultert i ein digital grunnmur i Noreg som skårar høgt i internasjonale samanlikningar, og som legg til rette for at vi heilt eller delvis har kunna unngå nedstenging i mange sektorar. Dette har sannsynlegvis redusert omfanget av og lengda på den økonomiske nedturen ved å bidra til å halde oppe sysselsetjing og produksjon.
Noreg treng eit sterkt og grønt datasenterøkosystem for å sikre ein grunnleggande digital infrastruktur som er robust, sikker og handert av kompetent arbeidskraft – og som dermed legg til rette for effektivisering og innovasjon hos brukarane.
I det moderne og stadig meir digitaliserte samfunnet er datasenter grunnleggande infrastruktur for viktige samfunnsområde, som helse, energi og transport. Norsk offentleg sektor er avhengig av ein robust digital infrastruktur for å fungere effektivt, og norsk næringsliv må jobbe kontinuerleg med digital innovasjon for å auke konkurransekrafta si.
Anten datasenter behandlar helsedata eller data frå autonome bilar, utgjer datasentera og fiberen som bind dei saman, grunninfrastrukturen i det digitale økosystemet.
3.1 Ringverknadsanalyse – ein bransje i vekst
Bulk sitt datasenter i Vennesla utanfor Kristiansand. Fremst ser ein eksisterande bygg, mens bygningane i bakgrunnen er slik Bulk ser for seg utbygginga dei neste åra
Kilde: BULK
Som ein del av oppfølginga av førre datasenterstrategi, har Kommunal- og moderniseringsdepartementet fått utarbeidd ringverknadsanalysen «Datasentre i Norge – Ringvirkningsanalyse av gjennomførte og potensielle etableringer».11
Den første delen av utgreiinga følger opp regjeringa sitt tiltak fra førre datasenterstrategi om å kartlegge datasenternæringa i Noreg. Vidare blir ringverknadene av næringa på det tidspunktet som analysen blei gjennomført, analysert, i tillegg til at potensielle ringverknader av datasenteretableringar i framtida blir analysert.12
Ringverknadsanalysen skil mellom kortsiktige effektar (såkalla direkte, indirekte og induserte effektar) og langsiktige effektar (såkalla katalytiske effektar) av datasenter. Kort forklart refererer direkte effektar til effekten av aktivitet i sjølve datasentera under oppføring (for eksempel anleggsarbeidarar) og drift (for eksempel vedlikehald, teknikarar med meir). Indirekte effektar refererer til aktivitet skapt hos underleverandørar både under oppføring og drift, som for eksempel bygg og entreprise. Induserte effektar er aktivitet skapt når medarbeidarar i datasenter og hos underleverandørar bruker lønnsinntekta si, som for eksempel innkjøp og restaurantbesøk. Desse effektane blir også gjerne omtalte som bruttoeffektar.
Rapporten analyserer også dei langsiktige (katalytiske) effektane av dagens datasenternæring. Det blir i rapporten anslått at dei katalytiske effektane av dagens datasenternæring er av betydeleg storleik: Dei vil ifølge ringverknadsanalysen, etter ei forsiktig vurdering, minst vere like store som dei kombinerte direkte, indirekte og induserte ringverknadane, som er estimerte til 3 milliardar kroner for dagens datasenterindustri.
Ringverknadsanalysen viser blant anna at datasenternæringa særleg framhevar føreseielege rammevilkår, effektiv konsesjonsbehandling og god tilgang til arbeidskraft og utdanning som viktige område for at Noreg skal kunne lykkast som datasenternasjon.
3.1.1 Kartlegging
Den første delen av utgreiinga følger altså opp regjeringa sitt tiltak og kartlegg datasenternæringa i Noreg og ringverknader på analysetidspunktet. Ifølge ringverknadsanalysen er det i dag 18 datasenter som kan karakteriserast som såkalla samlokaliseringsdatasenter. I tillegg finst det fleire mindre datasenter og nokre kryptodatasenter.
Oversikt norske datasenter
* Arctic Circle Data Center begjærte seg konkurs i januar 2020
Kilde: Implement Consulting Group
Den norske datasenterbransjen er prega av seks store selskap og ei handfull mindre aktørar. Dei seks største selskapa står for om lag 70 prosent av kapasiteten og har ein gjennomsnittleg installert kapasitet på 16 MW. Dei mindre selskapa har ein gjennomsnittleg kapasitet på om lag 1 MW. Eit av dei minste datasentera i kartlegginga er Terrahost på 0,25 MW, mens eit av dei største anlegga er Green Mountain i Stavanger på 15 MW.
Ifølge ringverknadsanalysen utgjer den norske datasenternæringa ein etablert kapasitet på rundt 105 MW. Ei nyare utrekning utført av NVE viser ein større total installert effekt på 174 MW, men utrekninga til NVE indikerer at 99 MW av denne kapasitetten blir brukt.
Det har sidan ringverknadsanalysen blei gjennomført i 2020 blitt etablert enkelte nye datasenterlokasjonar, og det er derfor naturleg å anta at den samla kapasiteten er noko større enn det som blir presentert her. Ifølge ringverknadsanalysen, er det dei siste åra gjort massive investeringar i samlokaliseringsdatasenter i Noreg. I perioden 2019-2020 blei det ifølge ringverknadsanalysen observert ein kraftig auke i investeringar, med minst 2,7 milliardar NOK investert13 i nye samlokaliseringsdatasenter i Noreg i denne perioden. Investeringane er drivne av både norsk og internasjonal etterspurnad.
Samla har utviklinga sidan framlegginga av datasenterstrategien i 2018 vore positiv, med ei rekke nyetableringar. For eksempel bygde både Digiplex, Green Mountain og Bulk nye datasenter i 2019. Videre kjøpte teleselskapet Orange i 2019 opp den norske datasenteraktøren Basefarm. I tillegg har Google kunngjort kjøp av ei stor tomt i Skien, og Microsoft opna datasenter i Oslo og Stavanger. Fleire aktørar melder om auka interesse frå globale investeringsfond med klimaprofil. Columbia Threadneedle European Sustainable Infrastructure Funds sitt oppkjøp til majoritetseigar i Lefdal Mine Data Center, er eit godt eksempel på dette. Norske datasenter ser òg ut til å ha styrkt sin posisjon når det gjeld å trekke til seg investeringar og etableringar av tungrekningstenester (High Performance Computing). For eksempel har Volkswagen flytta køyring av dei mest prosesseringskrevjande og dermed energikrevjande «crash-testingane» sine til Green Mountains datasenter på Rjukan.
Green Mountain sitt datasenter DC2-Telemark ligg i Rjukan midt mellom fleire store kraftstasjonar. Berre 800 meter frå datasenteret skal det største landbaserte oppdrettsanlegget i verda byggast, og det skal bruke restvarme frå datasenteret
Kilde: Green Mountain
Etter ringverknadsanalysen blei lagt fram i 2020 har vi sett ytterlegare vekst i den norske datasenternæringa. For eksempel bygger tyske Aquila no eit datasenter på nedre Kilemoen i Ringerike kommune,14 og nyleg offentleggjorde det eksisterande datasenteret Lefdal Mine Data Center i Sogn og Fjordane ein ny tysk kunde på 4,5 MW.15 Andre eksempel er at Bulk Infrastructure har teikna kontrakt med ein britisk finansaktør,16 og kort tid etter opninga av nytt datasenter på Austlandet, sikra Green Mountain seg tomt til ytterlegare ekspansjon i Tysvær kommune.17
Ser ein lenger tilbake, har datasenterkapasiteten i Noreg auka med 17 prosent per år sidan 2010. I perioden 2001–2009 var det nærmast ingen nye etableringar. Dei to siste åra har investeringane derimot verkeleg skote fart. I 2019 var det ifølge ringverknadsanalysen installert totalt 135 MW kapasitet, og i løpet av 2020 skulle det installerast ytterlegare 19 MW.
Utvikling i datasenterkapasitet – kumulert i MW
CAGR: Samansett årleg vekstrate
Kilde: Implement Consulting Group
I gjennomsnitt har omsetninga til norske datasenter vakse med 19 prosent årleg sidan 2015, og han har dermed stige raskare enn kapasiteten. Det heng saman med at dei fleste datasenter framleis har mykje unytta kapasitet og dermed både kan, og ønsker å, auke salgsinntektene.
Index 2015 = 100
Figur: Utvikling i omsetninga til datasentera
CAGR: Samansett årleg vekstrate i omsetning.18
Kilde: Implement Consulting Group
Dei norske datasentera blir brukte av ei rekke ulike kundar. I dei fleste tilfella stiller datasentera såkalla «wholesale»-kapasitet til rådvelde, det vil seie dei sel plass, kjøling, nettsamband og straum, mens kundane sjølv installerer og driv kabinett/racks. Andre operatørar sel også «retail», det vil seie at dei i tillegg til kjøling, nettsamband og straum også stiller kabinett og racks til rådvelde for kundane. Datasentera er òg forskjellige på den måten at dei har forskjellige typar kundar.
Fleire av dei norske datasentera blir brukte av kundar som ønsker stor reknekapasitet, og som kan gjennomførast langt frå der dataa blir genererte. Det inneber òg at fleire av datasentera primært har kundar utanfor Noreg.
Tungrekning i Norge
Eit eksempel på bruk av datasenter med stor reknekapasitet er Volkswagen Group, som har valt å flytte tunge dataoperasjonar til Noreg – simulering av krasjtestar knytt til utvikling av nye bilar, i Green Mountains datasenter.
Her er dei norske datasentera attraktive, på grunn av CO2-fri straum og låg straumpris, i tillegg til høg tryggleik og stabilitet.
Volkswagen Group er blant kundane som har vald Green Mountain sitt datasenter på Rjukan
Kilde: Wolkswagen Group
Andre datasenter har derimot primært norske kundar og tilbyr ytingar som krev større nærleik til der dataa blir genererte, og der kundane deira ønsker stor fleksibilitet og høve til å skalere forbruket opp og ned, og til å nytte seg av mange forskjellige og varierande typar reknekraft og dataoppbevaring.
Det er i dag ikkje etablert datasenter i hyperscale-kategorien i Noreg. Inntil vidare er det heller ikkje noka omfattande utbreiing av edge-datasenter i Noreg, men det er venta at ein vil sjå meir av denne typen datasenter også her til lands, etter kvart som marknaden utviklar seg. For eksempel har selskapet Green Edge Compute varsla bygging av sitt første edgedatasenter Trondheim, med mål om å vere nærmare sluttbrukarane for å gi lågare forseinkingstider i møte med tingas internett og 5G. I tillegg har selskapet Miris planar om å bygge 15 regionale og 25 lokale edge-datasenter i Norden.19
I ringverknadsanalysen er det estimert at datasenteraktiviteten i Noreg i 2019, representerte ei omsetning på rundt 1,6 milliardar kroner og sysselsette om lag 300 tilsette.
3.1.2 Ringverknader og verdiskaping
Den andre delen av ringverknadsanalysen undersøker kva for ringverknader den etablerte datasenternæringa i Norge har. Ifølge ringverknadsanalysen skapte datasentera direkte verdi for 1,5 milliardar kroner til norsk økonomi i 2019. Av dette kom 0,9 milliardar kroner frå drift og vedlikehald av datasentera og 0,5 milliardar kroner frå byggearbeid i samband med etableringa av datasenter. Gjennom forbruk av varer og tenester frå underleverandørar skapte datasentera meirverdi for 1,1 milliardar kroner. Datasenter sysselsette ifølge ringverknadsanalysen 1 023 personar i 2019. Det private forbruket frå tilsette i datasenter medverka ytterlegare med sysselsetjing for 541 personar. Samla medverka datasenter i 2019 med 2 376 jobbar i Noreg. Dei fleste jobbane som datasentera skaper, er knytte til konstruksjon av datasenterbygningar og installasjon av serverar.
3.1.3 Potensielle ringverknader
Vidare har utgreiarane med utgangspunkt i fire scenario analysert ringverknader av potensielle datasenteretableringar i Noreg, der talet på og typar (Hyperscale, samlokalisering og Edge) datasenter varierer mellom scenarioa. Utgreiinga inneheld òg ei drøfting av kritiske element for å lykkast med å nå måla i dei ulike scenarioa.
Ifølge ringverknadsanalysen utgjer datasenternæringa eit betydeleg potensial for Noreg.
Verdikjeder gir arbeidsplasser
Det er berre ein liten andel av Basefarms 750 tilsette som faktisk arbeider inne på datasentera til selskapet. Likevel arbeider hundrevis av tilsette hos Basefarm og tusenvis av tilsette hos kundane til Basefarm på løysingane som datasentera leverer. Dei tilsette jobbar for eksempel med drift av infrastruktur, kunstig intelligens og tryggleik. Kundane, anten dei er bankar, industribedrifter eller innanfor offentleg sektor (som Altinn og Bane Nor), nyttar dataa til å auke konkurransekrafta i tenestene sine. Kvaliteten i verdikjeda er avhengig av høg kvalitet og kompetanse i grunnmuren, datasenteret, så vel som resten av verdikjeda.
Kilde: Basefarm
I eit av scenarioa som blir beskrive i ringverknadsanalysen, som legg til grunn ein vekst i kapasiteten på om lag 25 prosent i året, vil datasenternæringa potensielt kunne ha til saman 11 100 tilsette i 2025 og til saman 24 900 tilsette i 2030. Desse er ifølge scenarioet i ringverknadsanalysen fordelt på om lag 9 700 tilsette som følge av samlokaliseringsdatasenter, 3 000 som følge av hyperscale-datasenter og 12 200 som følge av edge-datasenter.
I same scenario vil næringa kunne understøtte eit BNP-bidrag på 14,0 milliardar kroner i 2025, primært på grunn av samlokaliseringsdatasenter. Vidare vil næringa kunne understøtte eit BNP-bidrag på 30,9 milliardar kroner i 2030 fordelt på om lag 12,7 milliardar kroner som følge av samlokaliseringsdatasenter, 3,9 milliardar kroner frå hyperscale-datasenter og 14,3 milliardar kroner som følge av edge-datasenter.
Bygging av datasenter skaper arbeidsplassar
Green Mountains 22 000 kvadratmeter store datasenter på Rennesøy i Rogaland er bygd ved hjelp av 26 underleverandørar, i tillegg til Cowi og NCC som var med som høvesvis totalrådgivar og generalentreprenør. I første omgang blei éin av dei seks hallane innreidd.
Ein gjennomgang av totaltalet på timeverk utførte frå leverandørar på DC1 Stavanger i samband med utbyggingar av tre nye hallar, viser at til no er dette talet over 400 000 timar. Det vil venteleg bli brukt ytterlegare 200 000 timar for å fullføre dei resterande to hallane. Green Mountains utrekningar viser at 70 prosent av desse timane er utførte av lokale entreprenørar. Dette byggeprosjektet illustrerer korleis bygging av datasenter støttar opp om eit breitt utval av underleverandørar, som leverer alt frå administrative tenester til for eksempel røyrteknikk og kjøledistribusjon, tilgangskontroll og tryggleikstenester og maskinutleige.
Kilde: Green Mountain
Det bør understrekast at dette scenarioet legg til grunn ein svært høg vekst, og at andre scenario i ringverknadsanalysen, som òg inneber høg vekst, blir sett på som noko meir realistiske. Scenarioet er tatt med for å gi eit perspektiv på ringverknadene i eit scenario med svært kraftig vekst i datasenterindustrien. Ein slik vekst føreset blant anna at Noreg lykkast med å legge til rette for datasenternæringa i åra framover, og at næringa i Noreg veks raskare enn næringa globalt. Enkelte sentrale bransjeaktørar hevdar likevel, sett i lys av utvidingane dei har planlagd dei komande åra, at potensialet for vekst òg kan vere større enn det som går fram av nevnte scenario. I utgangspunktet er scenarioanalysar usikre, og basert på ei rekke føresetnader, og tala som det blir vist til her kan kun brukast som illustrasjon på det potensialet som næringa representerer.