Norske datasenter - berekraftige, digitale kraftsenter

Til innhaldsliste

1 Forord

Som distrikts- og digitaliseringsminister er eg oppteken av at vi skal ha næringsutvikling i heile landet. Vi ønsker å legge til rette for fleire framtidsretta arbeidsplassar. Datasenter er ei av fleire sentrale brikker i den digitale økonomien. Mykje av databehandlinga som industri og næringsliv treng for verdiskapinga si, er avhengig av tenestene til datasenter. Det er forventa sterk vekst i den datadrivne økonomien, og her kan Noreg bidra med berekraftige løysingar i norske datasenter – til velferdstenester, havbruksnæringa og mykje meir. Også i dagleglivet nyttar vi tenester frå skyløysingar i datasenter. Stort sett alt vi gjer på ein PC eller ein smarttelefon er innom eit datasenter, om du lagrar eit bilete, sjekkar ein blodprøve, spelar av songar eller videoar eller skriv ei melding. I datasenteret blir dataa prosesserte og lagra. Dei fleste som les denne strategien har sannsynlegvis lasta han ned frå eit datasenter.

Eg meiner vi må jobbe for å få fleire datasenter til Noreg. Fordelane er mange. Datadriven verdiskaping, utløyst gjennom for eksempel bruk av kunstig intelligens og analyse av stordata, vil kunne doble veksten i BNP fram til 2030, og god digital infrastruktur og sikre datasenter er viktige føresetnader for å lykkast med dette. Datasenter bidrar allereie med over 2400 arbeidsplassar i Noreg, og vil kunne skape langt fleire arbeidsplassar i framtida, ikkje minst i distrikta. For å få til dette er det viktig at vi lykkast med å legge til rette for vekst i næringa. Datasenter i Noreg er også viktige for å sikre ein robust nasjonal infrastruktur med raske, trygge og fleksible digitale tenester over heile landet.

Vi har eit fantastisk utgangspunkt i Noreg, med god og sikker tilgang på fornybar kraft, solid digital infrastruktur, høg kompetanse og stabile rammevillkår. Men konkurransen er global og vi må alltid bli betre. Det er også viktig å jobbe aktivt for god lokal forankring. Derfor oppdaterer vi no den nasjonale datasenterstrategien – berre tre år etter at vi lanserte den første. Utviklinga går raskt i den digitale økonomien. Eg vil arbeide for at norsk datasenterindustri kan skape nye arbeidsplassar i ei framtidsretta og ikkje minst berekraftig næring.

Noreg skal vere eit land som går føre i utviklinga av ein berekraftig og sirkulær økonomi som nyttar ressursane på ein betre måte. Det ligg eit stort potensial for auka utnytting av spillvarme frå datasenter i framtida, og vi har allereie sett gode eksempel på korleis norske datasenter kan støtte verdiskaping i andre næringar. Gjennom å legge til rette for effektiv bruk av spillvarme frå datasentera kan vi komme nærmare målet om ein berekraftig og datadriven økonomi som utnyttar regional kompetanse og skaper framtidsretta arbeidsplassar.

Takk for alle nyttige innspel til dette arbeidet!

Signatur Linda Hofstad Helleland

Linda Hofstad Helleland

 

«Datasentre er viktige byggeklosser i den moderne digitale infrastrukturen. Gjennom å styrke markedsføringen av mulighetene i Norge og videreutvikle den digitale infrastrukturen både nasjonalt og internasjonalt legger vi til rette for fortsatt vekst for norsk datasenternæring. Dette vil komme både næringsliv og folk i hele landet til gode, gjennom økt verdiskaping, nye arbeidsplasser i distriktene og digitale tjenester for alle.»
  • Linda Hofstad Helleland (H)
  • Distrikts- og digitaliseringsminister

 

«Et av regjeringens hovedområder for energipolitikken mot 2030 er næringsutvikling og verdiskapning gjennom effektiv utnytting av lønnsomme fornybarressurser. Effektiv tilknytning til strømnettet, etablering av varmekart for bedre ressursutnyttelse og krav om spillvarmeanalyse i datasentre vil øke konkurransekraften til den norske datasenternæringen. Dette bidrar til å realisere vekstpotensialet som denne næringen representerer.»
  • Tina Bru (H)
  • Olje- og energiminister

 

«Vi må fortsette jobben med å videreutvikle den gode digitale infrastrukturen i Norge, og styrke vår posisjon som et attraktivt land for datasentre. Både vei og jernbane er viktige føringsveier for digital infrastruktur, og moderne transporløsninger er avhengig av digitale løsninger. Vi må derfor legge til rette for god og effektiv utnyttelse av samferdselsinfrastruktur, som kan bidra til videre utbygging av fremtidsrettet og sikker digital infrastruktur i hele landet.»
  • Knut Arild Hareide (KRF)
  • Samferdselsminister

 

«Norge må utnytte mulighetene som ligger i data til økt verdiskaping, flere nye arbeidsplasser i hele landet, og en offentlig sektor som forenkler for næringslivet. En tilgjengelig og sikker digital infrastruktur er nødvendig for at Norge skal lykkes med overgangen til et mer bærekraftig samfunn og en grønnere økonomi.»
  • Iselin Nybø (V)
  • Næringsminister

 

«Det skal være lett å etablere bærekraftig industri og nye jobber i Norge. Effektiv saksbehandling og god informasjon er avgjørende for at vi skal lykkes med dette.»
  • Nikolai Astrup (H)
  • Kommunal- og moderniseringsminister
Til forsida