Meld. St. 8 (2018–2019)

Kulturens kraft — Kulturpolitikk for framtida

Til innhaldsliste

Del 1
Kunst og kultur i samfunnsutviklinga

2 Kunstens og kulturlivets plass i samfunnet

Figur 2.1 

Figur 2.1

2.1 Kunstens samfunnsrolle

Kunst har ei sentral rolle i det moderne samfunnet. Kunsten gir oss eit mangfald av opplevingar, dels gir han ei reint estetisk oppleving, dels medverkar han til refleksjon og til å setje dagsordenen. Kunsten tek del i den viktige diskusjonen om etiske verdiar i ei kompleks samtid. Gjennom felles opplevingar styrkjer kunsten fellesskap i ei stadig meir oppdelt offentlegheit. Slike fellesskap er ein føresetnad for å halde oppe og utvikle alle liberale demokrati. Kunsten medverkar til forteljinga om kven vi er, og diskuterer kven vi bør vere. Kunstnarar står for ein viktig del av meiningsbrytinga i samfunnet, derfor er det viktig at kulturlivet er sjølvstendig, og å unngå at offentlege styresmakter grip inn i kunstnariske val.

Kunstnarar har i lang tid engasjert seg i og blitt inspirerte av aktuelle samfunnstema. Kunst er ytringar som rører menneske på andre måtar enn media og politikk, og kunstnarar kan med kunsten kaste lys over tematikk på nye måtar. Kunsten kan spegle røynda på måtar som kan fremje felles forståing og bringe oss nærmare sanninga. På sitt beste er kunsten i stand til å gi oss innsikt som vi ikkje kan oppnå på andre måtar.

Boks 2.1 Kunstnarar og miljøengasjement

Kunstnarar er engasjerte i politikk, klima- og miljøspørsmål. Litteratur, film, festivalar, utstillingar og sceneproduksjonar synliggjer alt frå konfliktar i Midtausten, biedød og plastforsøpling til lyden av torsk, konsekvensar av oljeutvinninga og tilhøvet mellom klimaendringar og sosial urett.

Arrangørar og kunstnarar tematiserer klimaproblematikk og arrangerer klimaaksjonar, som mellom anna Forfatternes klimaaksjon og Kunstnernes Klimaaksjon før klimatoppmøtet i Paris i 2015.

Temaet på Norsk kulturråds årskonferanse i 2018 var kva rolle kunst og kultur kan ha når klima og miljø er i endring. Temavalet var grunna i eit stort engasjement som er tydeleg i søknadene Kulturrådet får frå kunstnarar.

2.2 Kulturlivets samfunnsbyggjande kraft

Ytringsfridommen er ein grunnleggjande føresetnad for demokrati og menneskerettar. Av menneskerettane som er nedfelte i Grunnlova, er det derfor særleg grunn til å trekkje fram ytringsfridommen. Kunst og kulturuttrykk er nettopp ytringar. Det såkalla «infrastrukturkravet» i Grunnlova § 100 sjette ledd gir i dag ei grunnlovsforankring av statens ansvar på kulturfeltet, jf. nærmare omtale under 2.3.

Menneskerettane spring ut av grunnleggjande verdiar – fridom, likskap og menneskeverd – som staten og rettssystemet av omsyn til den enkelte må respektere og verne. Kunst og kultur er både grunnlag for og eit utslag av desse berande elementa i samfunnet. I tillegg tilbyr kulturlivet arenaer der premissane for samfunnets verdigrunnlag blir utmeisla, utfordra, vidareutvikla og brynt mot andre verdiar og haldningar.

I Grunnlova § 100 er ytringsfridommen grunngitt ut frå tre prinsipp: sanningsprinsippet, autonomiprinsippet og demokratiprinsippet. Sanningsprinsippet inneber at ein best kjem fram til sanning gjennom meiningsutveksling der påstandar blir korrigerte i møte med andre meiningar. I autonomiprinsippet ligg det at det krevst ein viss kompetanse for å kunne fungere som sjølvstendig individ i eit ope samfunn. Denne kompetansen oppnår kvar enkelt innbyggjar ved å møte andre, høyre argumenta deira og bli utfordra av alternative perspektiv. Demokratiprinsippet føreset ei open og kritisk meiningsutveksling som kan vere med på å gi betre innsikt og dermed betre avgjerder, jf. sanningsprinsippet.

Kunsten og kulturen medverkar til alle desse prosessane. I Kulturutredningen 2014 står det:

«[…] kulturaktiviteter gir skolering til deltakelse i det uenighetsfellesskapet som er en forutsetning for et fungerende demokrati. De bidrar til å utvikle en ytringskompetanse som både gjelder den enkeltes foretrukne kulturuttrykk og -former, og som dreier seg om å forholde seg til nye opplevelser og til smaks- og uttrykkspreferanser hos andre grupper og enkeltpersoner. En forutsetning for at kulturlivet skal fungere på denne måten, er imidlertid at verdier som dannelse, nyskaping, kvalitet, kritikk og mangfold tillegges stor vekt i kulturpolitikken. Et kulturliv som ikke etterstreber kvalitet, vil heller ikke kunne oppfylle andre samfunnsmessige oppgaver.»

Regjeringa sluttar seg til denne haldninga.

Gode kunst- og kulturopplevingar er givande for den enkelte. Dei kan engasjere, røre, provosere, underhalde og forme oss som menneske. Kunst og kultur appellerer til fantasien og evna til å sjå samanhengar, og gir oss innsikt i sider ved livet som vi ikkje kjende frå før. Kunsten kan utfordre, endre konvensjonar og flytte grenser. Samtidig kan kunst og kultur vere eit rom for ro og refleksjon, ein stad der vi kan finne den nødvendige balansen og den gode livsrytmen i eit daglegliv som elles for mange er prega av hastverk og rastløyse. Ved å delta i kulturaktivitetar og samtalar om desse aktivitetane utviklar ein kompetanse til å meine noko om både eigne og andre smakspreferansar, og til å ytre seg om dette i det offentlege rommet.

Kunst og kultur kan skape refleksjon og innsikt om verdiar, samfunn og kva det vil seie å vere individ i eit samfunn. Ikkje minst medverkar kulturarven, både i form av materielle strukturar og som immaterielle tradisjonar, verdiar og praksisar, til å skape identitet, innsikt, engasjement og ei kjensle av å høyre til. Kulturarven representerer både felles historie og store økonomiske og kulturelle verdiar. Ved å gi innsikt i historia kan kulturarven hjelpe oss å sjå vår eiga tid og forstå oss sjølv betre. Kulturarven representerer det kollektive minnet vårt. Samtidig handlar kulturarv om det vi gir vidare til kommande generasjonar, og som vil vere med på å forme den kulturelle identiteten deira.

Språket er den fremste beraren og formidlaren av kultur, historie og identitet. Kultur og språk er knytte uløyseleg saman. Vi bruker språket munnleg og skriftleg for å uttrykkje oss og for å samhandle med andre, og gjennom språket opplever og tolkar vi verda rundt oss. Eit rikt og levande språk er ein føresetnad for at vi skal kunne utvikle oss som menneske, og for at kvar enkelt skal kunne delta i samfunnet og i den offentlege samtalen. Eit godt, tydeleg og tilgjengeleg språk opnar for god læring, brei medverknad og demokratisk deltaking. Det er vidare ein føresetnad for demokratiet at språket held tritt med den raske kunnskapsutviklinga i samfunnet. At det finst terminologi som grunnlag for fagleg kommunikasjon, effektiviserer, allmenngjer og demokratiserer den offentlege samtalen.

Kunst og kultur har evna til å samle menneske i fellesskap på tvers av meiningar, interesser og bakgrunn. Slik kan kunst og kultur fremje tillit, respekt, tilhøyrsle og samhald mellom menneske og mellom ulike grupper i befolkninga, trass i ulike syn og oppfatningar. Å bringe menneske saman på tvers av sosiale, politiske og kulturelle skiljelinjer kan medverke positivt til å skape sosiale fellesskap og nettverk som styrkjer samhald og inkludering. Når kulturen verkar på denne måten, kan han vere siviliserande og motverke fragmentering. Han kan demme opp mot ekstreme tankar, motverke utanforskap og fremje toleranse og forståing for andre menneske.

Eit samfunn dreier seg rundt nokre felles verdiar og forteljingar som bind oss saman og kan få folk til å kjenne seg som ein del av eit større «vi». I eit samfunn samansett av menneske med bakgrunn frå stadig fleire ulike kulturar er desse verdiane i stadig utvikling. Å delta i kulturlivet inneber at ein blir vand til å møte eit mangfald av meiningar og ytringsformer, også meiningar ein er usamd i eller misliker. Slik kan kulturlivet setje oss betre i stand til å handtere spenningar i samfunnet som utfordrar openheit og toleranse, og medverke til å styrkje det fellesskapet vi treng for å byggje demokrati. Kunst og kultur medverkar òg i internasjonal alliansebygging, påverknad og kompetansedeling.

For minoritetar kan kunst og kultur vere til hjelp for å etablere eigne offentlegheiter der dei kan utvikle sine eigne kollektive identitetar. Det kan òg gi minoritetar ein sjanse til å bli høyrde i det større samfunnet og kommunisere med det. Kunsten og kulturuttrykka til minoritetane representerer røyster og erfaringar som må vere med om vi skal vise heile breidda i kunst- og kulturlivet vårt.

Kulturens demokratiske innverknad ligg særleg i at han er ein kanal for grupper og individ som søkjer etter innsikt i eigen identitet og eiga historie, og ein arena for den openheita og kritikken eit demokratisk samfunn er avhengig av. Dette gjer kulturinstitusjonane og dei kulturpolitiske verkemidla til sentrale delar av samfunnets infrastruktur for ytringsfridom og offentleg debatt, jf. 2.3. Denne infrastrukturen legg til rette for at kunst og kultur kan fungere som katalysator for nye meiningar, og slik føre til ny politikk og nye samfunnsvisjonar og dermed prege samfunnsutviklinga.

2.3 Behov for ein offensiv kulturpolitikk

Det såkalla infrastrukturkravet i Grunnlova § 100 sjette ledd, som blei innført i 2004, inneber at staten pliktar å medverke aktivt til etablering og drift av kanalar ut i det offentlege rommet, slik at det verkeleg blir mogleg for individ og grupper å ytre seg. Statens oppgåve er med dette utvida frå passivt å avstå frå inngrep i ytringsfridommen til aktivt å leggje forholda til rette for ytringsfridom. Infrastrukturen for den offentlege samtalen er sett saman av ei rekkje ulike element og omfattar store delar av kultur-, medie-, utdannings- og forskingspolitikken. Innanfor det som kan definerast som «kulturfeltet», vil infrastrukturen vere samansett av arenaer, kanalar og verkemiddel som legg til rette for å produsere, byggje kunnskap om og gjere kunst- og kulturuttrykk tilgjengelege for befolkninga. I denne infrastrukturen inngår både fysiske og digitale arenaer og verkemiddel.

Kulturpolitikk er ytringsfridomspolitikk. På individnivået er kultur ein kanal og ein arena for uttrykksbehov, utvikling, tilhøyrsle og identitet for den enkelte. På samfunnsnivået er kultur ein arena for kritikk og diskusjon som byggjer fellesskap, siviliserer og medverkar til utvikling.

Ein aktiv kulturpolitikk er ein føresetnad for at kunst og kultur kjem flest mogleg til gode ved å sørgje for at alle har reell tilgang på kulturgoda, uavhengig av bakgrunn. Satsing på kulturpolitikk er ei investering i danning og demokratiutvikling, og det kan medverke til å gi alle ein sjanse til å lykkast, uavhengig av utgangspunkt.

Å bli eksponert for kunst og kultur kan føre til at interessa for å oppleve kultur aukar. Og å ta del i kulturlivet og bruke kulturtilbodet meir aktivt kan vere med på å skape ein positiv spiral med ytterlegare interesse. Kulturpolitikken kan vere med på å fremje risikovilje hos publikum, det vil seie å fremje ein breiare bruk enn det ein elles ville hatt, ved at ein blir lokka ut av si eiga kulturelle komfortsone og utfordra til å oppsøkje noko ein ikkje veit om ein liker.

Det frivillige kulturlivet er inngangen til kulturlivet for mange. Noreg har eit vitalt og levande frivillig kulturliv. Eit sterkt frivillig kulturengasjement er ein nødvendig føresetnad for det profesjonelle kulturlivet. Det er tett samspel og glidande overgangar mellom det profesjonelle og det frivillige kulturlivet. Det må leggjast til rette for dette samspelet, og det frivillige kulturlivet må få gode rammevilkår.

Noreg er tilslutta fleire internasjonale konvensjonar som fastlegg ansvar for å fremje eit mangfald av kulturuttrykk gjennom ein aktiv kulturpolitikk. Desse konvensjonane slår fast kva pliktar og rettar Noreg har til å halde oppe og utvikle variasjon og breidd i uttrykksformer som del av det globale kulturmangfaldet. Noreg har ratifisert UNESCO-konvensjonen om å verne og fremje eit mangfald av kulturuttrykk (2005). Konvensjonen slår fast at kulturaktivitetar, -varer og -tenester kan ha ein dobbel dimensjon: dei kan vere delar av ein kommersiell marknad og samtidig vere viktige verdi- og identitetsberande element. Statane har ein suveren rett til å innføre kultur- og mediepolitiske tiltak som dei reknar som formålstenlege for å verne om og fremje eit mangfald av kulturuttrykk. Konvensjonen stadfestar den retten statspartane har til å ta omsyn til kulturdimensjonen når dei utformar slike tiltak. Ein annan internasjonal konvensjon som direkte gjeld kulturfeltet, og som Noreg er tilslutta, er UNESCO-konvensjonen om vern av den immaterielle kulturarven (2003). Formålet med konvensjonen er vern av, auka respekt for og kunnskap om immateriell kulturarv.1

Noreg er også forplikta av FNs berekraftsmål fram mot 2030, som er viktig for eit fritt kulturliv og for vern av kulturarv.

Marknaden åleine er ikkje tilstrekkeleg for å halde oppe eit rikt og variert kulturliv i eit land med relativt lita befolkning og i eit så lite språkområde som Noreg er. Kulturpolitikk er derfor nødvendig for å gi eit breiare og meir mangfaldig kulturtilbod enn marknaden kan utvikle åleine, og sørgje for at det blir skapt, bevart og formidla kunst og kultur som blir opplevd relevant, som utfordrar, engasjerer og gir publikum rike opplevingar.

Kulturpolitikken er òg nødvendig for å sikre ein stabil og mangfaldig kunstproduksjon som eit gode i samfunnet. Han kan medverke til at folk oppsøkjer nye arenaer for kunst og kultur og på den måten tileignar seg ny innsikt og kunnskap om andre røyndomsforståingar og samanhengar i det samfunnet vi lever i.

Kulturpolitikken har òg innverknad på mange andre politikkområde og kan gi viktige bidrag til måloppnåing i både næringspolitikk, utdanningspolitikk, velferdspolitikk, klimapolitikk, integreringspolitikk, utanrikspolitikk, forsvarspolitikk, folkehelsepolitikk og førebygging av kriminalitet.

Kulturen medverkar til å fremje læring, kreativitet og skaparkraft i omstillinga av norsk økonomi og nærings- og arbeidsliv. Slik kan kulturpolitikken gi positive bidrag i omstillinga av Noreg.

3 Utviklingstrekk i samfunnet og kulturlivet

Figur 3.1 

Figur 3.1

3.1 Samfunnsutvikling og sosioøkonomisk utvikling

Noreg er godt rusta til å møte framtida. Mange deltek i arbeidslivet, vi har store naturressursar, ein kompetent arbeidsstyrke og solide statsfinansar. Den norske befolkninga har i stor grad ressursar, tryggleik og høve til å leve eit fritt og sjølvstendig liv.2

Klimaendringar utfordrar politikk- og samfunnsutviklinga globalt, og denne utviklinga rammar også Noreg. Dette er utviklingstrekk som alle sektorar må ta omsyn til når dei utarbeider ny politikk.

Velstanden er jamnare fordelt og tilliten til styresmaktene høgare enn i dei fleste andre land. Små forskjellar i befolkninga medverkar til at mange kan ta del i velstanden, og det fører til at tilliten er høg, både mellom folk og til offentlege styresmakter. Høg tillit gir den enkelte ei kjensle av tryggleik og fellesskap, og medverkar til eit samfunn med sosial og politisk stabilitet. Sjølv om forskjellane i Noreg er relativt små, viser tal frå Statistisk sentralbyrå at inntektsforskjellane har auka sidan 2009.

Sysselsetjingsgraden i den norske befolkninga er relativt sett høg. Høg yrkesdeltaking er ein hjørnestein i det norske samfunnet. For mange inneber det å ha ein jobb og ei stabil inntekt at dei har moglegheit for personleg utvikling og deltaking på sosiale arenaer. Eit sosialt skilje i Noreg går i dag mellom dei som er innanfor og dei som er utanfor arbeidslivet. At mange framleis står utanfor arbeidslivet, er ei utfordring både for den enkelte og for samfunnet.

Når vi no går inn i ein periode med lågare vekst, lågare inntekter, men framleis høge offentlege utgifter, krev det meir kompetansedeling og samarbeid på tvers av samfunnssektorar og politikkområde. Nye næringar, forretningsområde og inntektskjelder må utviklast, og det må skapast fleire jobbar i privat sektor. Det må òg leggjast til rette for eit meir inkluderande arbeidsliv og fleire sosiale arenaer og tilbod til dei som av ulike årsaker hamnar utanfor arbeidslivet.

3.2 Befolkning og demokratisk deltaking

Valdeltakinga i Noreg har gått ned, og færre er medlemmer i politiske parti. Ofte reknar ein valdeltaking som ein indikasjon på kor sterkt eit demokrati er. Men det er òg viktig å sjå på kven som deltek. Låg valdeltaking saman med skeiv fordeling av sosial bakgrunn kan tolkast som ei svekking av det demokratiske styresettet. Lokaldemokratiundersøkinga i 2015 analyserte vala i 2011, 2013 og 2015. Undersøkinga viser at ein del veljarar aldri stemmer ved val, og at desse også skil seg ut sosialt. Når grupper i samfunnet sjaldan eller aldri deltek i val, kan det føre til at desse gruppene blir underrepresenterte i det politiske systemet. Men den demokratiske deltakinga har halde seg stabil dei siste 25 åra ved at andre former for politisk engasjement og demokratisk medverknad har auka. Det vil seie at folk deltek direkte eller indirekte i å utforme avgjerder som har følgjer for dei sjølv, gjennom å engasjere seg i foreiningsliv og frivillig kulturliv, ytre seg i ulike offentlege kanalar og så vidare. Det er grunn til å tru at tradisjonen for brei politisk deltaking i Noreg blir ført vidare, men at deltakinga i større grad utspeler seg på andre og meir flyktige arenaer enn før. Gjennom demokratisk medverknad kan ein påverke og forme omgivnadene rundt seg og slik oppleve medbestemming og valfridom. Demokratisk medverknad gjennom organisasjonar og foreiningar utvidar òg nettverksressursane til kvar enkelt og er dermed ei kjelde til sosial kapital. Likevel er det ein føresetnad at organisasjonar og foreiningar maktar å inkludere grupper som normalt ikkje deltek ved val eller i det politiske systemet. Slik kan andre måtar å delta på hindre utanforskap og gjere demokratiet meir motstandsdyktig.

Statistisk sentralbyrås befolkningsframskrivingar frå 2018 fram mot 2060 viser at Noreg står overfor ein noko lågare befolkningsvekst framover og demografiske endringar som følgje av sentralisering. Fødselsoverskotet går ned, mens innvandringa aukar.

I 2033 vil det for første gong vere fleire eldre enn barn og unge i Noreg. Den delen av befolkninga som er 70 år og eldre, vil auke frå 12 prosent i 2018 til 21 prosent i 2060, og vi vil sjå meir enn ei tredobling av dei som er 80 år og eldre. Aldringa blir klart sterkast i distrikta. Ei eldre befolkning fører til at ein relativt sett mindre del av befolkninga er yrkesaktive og betaler skatt, men samtidig utgjer dei eldre ein viktig ressurs for samfunnet generelt og kulturlivet spesielt.

Eit større etnisk og kulturelt mangfald inneber møte mellom ulike språk, kulturar, tradisjonar, religionar, livssyn og verdiar, og større variasjon i levesett og sosiale relasjonar i befolkninga.

Vi har god helse i ein større del av livet enn tidlegare. Men sjølv om nærmare fire av fem meiner dei har god helse, ser vi ein auke i psykiske helseproblem, særleg blant unge. 16 prosent av befolkninga er plaga av einsemd, og det rammar yngre og eldre menneske i større grad enn andre. Fleire unge får ikkje venner på skulen og i nærmiljøet og føler seg utestengde. Mange eldre er einsame fordi dei ikkje lenger har ein arbeidsplass å gå til, eller fordi dei har mista den dei delte livet med (Statistisk sentralbyrå, 2017).

3.3 Teknologisk utvikling

Den teknologiske utviklinga går i dag raskare enn før. Dette gir nye moglegheiter, men skaper òg nye etiske dilemma.

Eit nøkkelord for teknologiutviklinga er omvelting, som inneber at vi må vente det uventa. Vi er omgitt av ein stadig meir omfattande og kompleks teknologisk infrastruktur som ingen eigentleg er i stand til å føreseie korleis vil utvikle seg. Det einaste som er sikkert, er at den teknologiske utviklinga vil gå svært raskt, og at vi også i framtida vil sjå store endringar i både teknologiske moglegheiter og brukarvanar.

På same måte som ved tidlegare store teknologiske og sosiale omveltingar vil digital teknologi og automatisering kunne utfordre både næringslivet, arbeidsmarknaden og samfunnet, og utfordre etablerte ordningar og strukturar. For eksempel er no eit nytt direktiv om opphavsrett på den digitale indre marknaden (DSM-direktivet) til behandling i EU-systemet (sjå 8.1), blant anna som følgje av teknologisk utvikling og nye rammevilkår.

Den norske befolkninga er langt framme i å ta i bruk digitale løysingar, og den digitale infrastrukturen er forholdsvis god her i landet. Noreg har dermed eit godt utgangspunkt for å utnytte moglegheitene som ny teknologi gir, men det krev evne og vilje til fornying og omstilling i alle delar av samfunnet.

3.4 Verdiskaping og innovasjon

Den framtidige velferda vår er avhengig av at vi klarer å utvikle nye næringar, forretningsområde og inntektsstraumar. Det krev omstilling på mange felt, både i privat og i offentleg sektor. Kreativitet er ein drivar for innovasjon og kan vere med på å styrkje den internasjonale konkurransekrafta vår. InFuture (2018) peikar på at det er samvariasjon mellom kulturell deltaking i eit land og kor høgt landet skårar på innovasjon. Figur 3.2 viser denne samvariasjonen, basert på ein indeks for innovasjon frå European Commission 2017 (European Innovation Scoreboard) og ein indeks for kulturell deltaking frå Eurobarometer 2013 (Index of cultural practice). Noreg inngår ikkje i tala.

Figur 3.2 Kulturell deltaking og innovasjon.

Figur 3.2 Kulturell deltaking og innovasjon.

Kjelde: inFuture analyse, European Innovation Scoreboard 2017 Database, Index of cultural practice

Ein offentleg kommisjon oppnemnd av regjeringa (Produktivitetskommisjonen) har fremja forslag som kan styrkje produktiviteten og vekstevna i norsk økonomi. Kommisjonen skriv at eit sentralt grunnlag for omstilling i form av nye arbeidsplassar og nye marknader er at føretaka utviklar nye eller forbetra produkt og prosessar. Ein ny idé eller ei ny oppfinning blir først ein innovasjon som gir verdiskaping og produktivitetsvekst, når denne nyvinninga har komme i praktisk bruk og skaper verdiar. Digitalisering og automatisering kan medverke til både auka verdiskaping og sysselsetjing i nye sektorar, samtidig som det erstattar tidlegare arbeidsplassar. Globalisering og digitalisering kan gi enklare tilgang til nye marknader, men gir òg sterkare konkurranse på heimemarknaden.

I fleire land er no investeringar i immaterielle verdiar, det vil seie ulike former for bedriftsspesifikk kunnskapskapital, viktigare for verdiskapinga enn tradisjonelle investeringar i fysisk kapital. I Noreg er slike investeringar i dag lågare enn i dei fleste andre OECD-land.

I ei handbok om kulturelt medvit utarbeidd av ei ekspertgruppe med representantar frå EUs medlemsland blir nettopp kulturens rolle i å fremje kognitive dugleikar, læring og innovasjon framheva (EU, 2016). Ein studie som er utarbeidd under det strategiske forskingsprogrammet CASE i Storbritannia,3 viser blant anna ein auke i barns kognitive dugleikar som følgje av deltaking i strukturerte kunstaktivitetar.

Trass i ei forholdsvis god samla produktivitetsutvikling plasserer norsk næringsliv seg i internasjonal samanheng midt på treet for innovasjonsevne. EUs Innovation Union Scoreboard er hovudreferansen for slike rangeringar. I 2014 låg Noreg på 17. plass blant 34 EU- og EFTA-land på ein samleindikator som skal seie noko om både faktisk innovasjon og vilkåra for innovasjon. Noreg ligg i gruppa for moderate innovatørar, mens Sverige toppar den leiande gruppa saman med Danmark, Tyskland og Finland.

3.5 Media og den offentlege samtalen

Mykje av samhandlinga mellom menneske, den offentlege samtalen og den kulturelle deltakinga flyttar seg frå fysiske til digitale rom. Vi har heile tida tilgang til eit verdsrepertoar av informasjon og kulturuttrykk. Vi kan finne nye fellesskap om tema som vedkjem oss, men vi blir ikkje lenger knytte like sterkt saman av samtidige felles opplevingar. Vi bruker mindre tid på sosialt, fysisk samvær med kvarandre, men har like fullt behov for å møtast ansikt til ansikt. Digitaliseringa forsterkar behovet for nytt innhald til fysiske møteplassar, og det vil vere nødvendig å tenkje nytt om framtidige møteplassar som understøttar eller skaper samhald.

I større eller mindre grad har vi alle ein tendens til å oppsøkje og tru på informasjon vi allereie er einige i. Slike stadfestingstendensar blir forsterka av digitaliseringa. Søkjemotorar og medieinnhald blir i aukande grad styrte av algoritmar som er laga slik at dei kan forsterke denne tendensen. Innhald blir filtrert og styrt av preferansar og tidlegare bruk, og vi blir i mindre grad eksponerte for andre perspektiv og meiningar. Men algoritmane kan òg brukast på andre måtar. Eit eksempel er korleis NRK bruker algoritmar for å rettleie sjåarane. Sidan publikum ser TV mindre lineært enn før, har algoritmar i mange høve erstatta sendeskjema. Etter å ha sett ferdig eit program i nettspelaren vil sjåarane for eksempel få algoritmestyrte tilrådingar om andre program dei kanskje vil like. I tråd med allmennkringkastaroppdraget vil algoritmane NRK har utvikla, ikkje berre foreslå meir av det same, men i tillegg utfordre og komme opp med meir uventa forslag.

Verdsbiletet vårt blir i stor grad forma gjennom media, og mange medverkar sjølv til å spreie informasjon. Tilgangen til informasjon har aldri vore større, men ikkje all informasjon er rett eller truverdig. Det kan handle om faktafeil, ryktespreiing, svindel eller politisk motivert desinformasjon. Det blir mottakaren sitt ansvar å vurdere kvalitet, relevans og sanning i informasjonen. Ei undersøking frå Medietilsynet om falske nyhende viser at halvparten av den vaksne befolkninga i Noreg kvar veke eller oftare ser nyhende dei opplever som ikkje heilt sanne. 45 prosent ser kvar veke eller oftare nyhende dei trur er funne på eller er medvite usanne.

For å kunne bruke media på ein trygg og god måte er det nødvendig både å forstå og å evaluere innhaldet. Utviklinga stiller stadig større krav til mediekompetanse og kjeldekritikk. Mediekompetanse handlar om kunnskap om korleis media fungerer og mottakaren si evne til å vurdere kvalitet, relevans og sanning i informasjonen. Det er òg svært viktig at så mange som råd kan kommunisere og ta del i den offentlege samtalen på ein måte som fremjar forståing mellom menneske. Dette inneber at befolkninga må ha evne og vilje til å forstå ulike ytringar og korleis ulike mottakarar vil forstå og oppleve ytringar.

Heile offentlegheita gjennomgår no ei rekkje avgjerande endringar. Dette skjer ikkje minst på bakgrunn av digitaliseringa og dei moglegheitene den gir og konsekvensane den får ved at ulike aktørar forstår og tilpassar seg utviklinga på ulike måtar. Digitale informasjons- og ytringsmoglegheiter, blant anna gjennom sosiale medium, endrar både kvardagslivet og den offentlege samtalen på mange og djuptgåande måtar. Eit godt utvikla og levande demokrati er avhengig av ein opplyst opinion og open og fri meiningsutveksling. Oppfatningar må brynast mot kvarandre. For å unngå maktkonsentrasjon og maktmisbruk må definisjonsmakta vere delt mellom fleire aktørar. Kunst, kultur og språk speler ei viktig rolle for det frie ordskiftet, for utvikling og spreiing av nye tankar og idear. I det framtidsbiletet vi ser for oss, med auka bruk av digital teknologi, vil denne rolla bli stadig viktigare og meir relevant.

3.6 Utviklingstrekk av særleg relevans for kulturlivet

Dei generelle utviklingstrekka i samfunnet påverkar sjølvsagt òg kultursektoren. Dei endrar rammevilkåra og utfordrar så vel etablerte strukturar og lovverk som aktørane i sektoren og befolkninga elles. Når utviklinga går raskare og endringstrykket aukar, blir det òg større behov for å forstå drivarane i utviklinga og korleis dei kan påverke oss framover. Det er viktig å forstå kva for drivarar som vil kunne få størst innverknad på kulturlivet, og som den framtidige nasjonale kulturpolitikken må ta høgd for.

Alle som har delteke på innspelsmøte i samband med denne meldinga, blei utfordra til å svare på dette spørsmålet: Kva vil vi at norsk kulturliv skal vere om 20 år? Kva for moglegheiter og kva for utfordringar finst det? Kulturdepartementet har på bakgrunn av desse møta og skriftlege innspel til meldingsarbeidet fått godt innblikk i kultursektorens eigne vurderingar og synspunkt.

Kultursektoren ønskjer at kulturmeldinga skal løfte fram at kunst og kultur er viktig, både i kraft av seg sjølv og for å nå mål på andre samfunnsområde. Mange framhevar at kultur må løftast opp som eit viktig politikkområde av politikarar på alle forvaltningsområde. Vidare blir det gitt klart uttrykk for eit håp om framleis sterk offentleg finansiering av kunst og kultur, trass i trongare offentleg økonomi. Fleire er opptekne av korleis teknologisk utvikling påverkar kulturlivet og etablerte forretnings- og finansieringsmodellar.

Mange legg vekt på endringane i befolkningssamansetjing og demografi, særleg korleis kulturlivet kan spegle dagens mangfaldige befolkning betre. Behovet for fysiske møteplassar i ei digital tid har vore løfta fram både munnleg og skriftleg.

Mange har òg peika på behovet for ein meir kunnskapsbasert kultursektor og ønskjer at kulturpolitikken skal leggje til rette for mobilitet, nettverk og samarbeid på tvers av landegrenser.

Kulturdepartementet har i tillegg fått gjennomført ein framtidsanalyse, med involvering frå kultursektoren over store delar av landet. Rapporten har vore ei av kjeldene til det som er skrive om utviklingstrekk ovanfor. Dette er nokre av hovudfunna i rapporten:

Kulturens rolle i samfunnet blir viktigare. Samfunnet utviklar seg frå i stor grad å vere eitt stort fellesskap til å bli mange små. Menneske møtest fysisk i mindre grad enn før, og prosentdelen av unge som er ute med venner, går ned. Mindre fysisk samvær intensiverer utviklinga i retning av små fellesskap og digitale ekkokammer.

Samtidig er norsk nærings- og arbeidsliv i starten av ei større omstilling, blant anna driven av den teknologiske utviklinga. Læring og skaparkraft blir viktigare i samfunnet for å lykkast med denne omstillinga, og kultursektoren kan medverke positivt til dette.

Kulturbruken til publikum er i endring, og finansieringa vil venteleg bli meir utfordrande. Haldningane i befolkninga til offentleg støtta kultur er avhengig av om ein er kulturbrukar eller ikkje. Mens kvar fjerde kulturbrukar er negativ eller nøytral til offentleg støtta kultur, er nær halvparten av ikkje-brukarane det.

Norsk språk og kultur møter sterkare konkurranse frå internasjonale aktørar. Plattformselskap som Google, Facebook, Amazon, Netflix og Spotify oppnår stadig meir makt.

Ulike publikummarar blir motiverte til kulturbruk av ulike årsaker, og kulturaktiviteten til publikum tek nye former.

4 Tilbakeblikk på kulturpolitikken i Noreg

Figur 4.1 

Figur 4.1

Kulturpolitikken i Noreg har gjennom åra blitt forma i eit samspel mellom kulturaktørane sine eigne initiativ og behov, korporative interesser og politiske prioriteringar på ulike nivå. Mykje av dagens kulturpolitiske struktur har vakse fram i forlenginga av at aktivitetar initierte av kulturfeltet sjølv på eit tidspunkt er blitt ei offentleg sak, gjerne på den måten at det har vore behov for offentleg finansiering for å halde oppe aktivitetane. Dette er for eksempel tilfellet for mange av musea, dei eldste teatera og orkestera. Andre delar av dagens kulturliv er meir direkte resultat av politiske prioriteringar og ønske, for eksempel Riksteatret, mange av regionteatera og ordningar som Den kulturelle skulesekken. Men også slike initiativ har gjerne vore forankra i praksisar og aktivitetar som allereie var initierte og utprøvde av aktørar på kulturfeltet før dei blei løfta fram som politisk prioriterte satsingar.

For å kunne forstå kva for vegval og politiske prioriteringar det er fornuftig å gjere, må ein kjenne samtida og kunne gjere kvalifiserte vurderingar om framtida – men ein må òg kjenne fortida si. I NOU 2013: 4 Kulturutredningen 2014 er det gjort ein grundig gjennomgang av den kulturelle nasjonsbygginga i Noreg sidan 1814 og utviklinga i kulturpolitikken fram til 2014. Grunngivinga som utvalet gav for å gi plass til ei slik framstilling, var at «mange av ideologiene og handlingsmønstrene som særpreger norsk kulturpolitikk, oppsto i denne perioden».

Kulturpolitikken har utvikla seg i eit dynamisk forhold mellom lokalt, regionalt og sentralt nivå og mellom offentlege og private aktørar. Private og frivillige har medverka aktivt til å byggje opp og drive ulike kulturtilbod over heile landet og initiert tiltak som i mange tilfelle er blitt rekna som eit offentleg ansvar i ettertid. Kommunesektoren har teke ansvar og initiativ som i neste omgang har påverka politikken på statleg nivå. Staten har gitt insentiv eller retningslinjer som er blitt følgde opp lokalt og regionalt. Samtidig er vi blitt påverka av internasjonale straumdrag. Slik er det mange aktørar som har påverka og gitt inspirasjon til utforminga av den nasjonale kulturpolitikken, som har lagt grunnlaget for offentleg engasjement.

Noregs politikk overfor det einaste urfolket i landet, samane, har opp gjennom historia vore prega av krav om fornorsking og einsidig tilpassing til storsamfunnet. Samiske språk og kulturar har vore nedvurderte og til dels prøvd utsletta. Etter den andre verdskrigen har det gradvis skjedd ei endring i den politikken styresmaktene har ført overfor urfolk og minoritetar, og ein har sett verdien av at Noreg er eit fleirkulturelt og mangfaldig samfunn. Fornorskingspolitikken har konsekvensar for samisk kultur, språk og levesett også i dag. Stortinget har sett ned ein kommisjon som skal granske fornorskingspolitikken og urett mot samar, kvenar og norskfinnar. Kommisjonen skal gjennomføre ei historisk kartlegging om politikken og verksemda dei norske styresmaktene har hatt overfor dei nemnde gruppene. Kommisjonen skal sjå på dei etterverknadene fornorskingspolitikken har i dag og foreslå tiltak som skal skape større likeverd mellom majoritets- og minoritetsbefolkninga, og som kan medverke til å informere og auke den generelle kunnskapen om samisk og kvensk/norskfinsk historie og kultur. Kommisjonen skal levere rapport til Stortinget innan 1. september 2022.

4.1 Noreg etter 1814 – nasjonsbygginga tek til

Noreg var i 1814 i gang med å etablere seg som sjølvstendig stat etter å ha vore sameint med Danmark på ulike vis i fire hundre år. Noreg var på veg inn i ein ny og lausare union med Sverige og hadde nettopp fått si eiga grunnlov. Den var blant dei mest demokratiske i Europa, noko som ikkje var tilfeldig. Den demokratiske tradisjonen stod sterkt i befolkninga, med røter tilbake til tinga i norrøn tid, der ei folkeforsamling hadde lovgivande og dømmande makt.

Grunnlaget for nasjonsbygginga i Noreg var eit anna enn i mange andre europeiske land. I perioden før merkeåret 1814 dreidde norsk kulturliv seg for ein stor del om folkelege uttrykksformer og aktivitetar. Kulturlivet var forankra i landdistrikta, der det store fleirtalet av innbyggjarane budde. Den typen institusjonar – teater, museum, konserthus – som europeiske nasjonar heldt seg med på denne tida, måtte ein til København for å finne. Biletet var dermed annleis enn det som var vanleg i Europa – der kongehus og adel gjennom fleire hundreår hadde finansiert samlingar av kunst og historisk materiale, bestilt musikk og biletkunst, arrangert teater og konsertar og sett opp prestisjebygg som skulle romme samlingar og kunstnariske aktivitetar.

Men vi stod ikkje på bar bakke. Bondekulturen representerte ein lang og ubroten tradisjon og hadde fått utvikle seg på eigne vilkår, sidan byane var få og små. Vi hadde ein rik og variert folkekultur. I dagleglivet snakka folk på norsk, med ulike dialektar. Dansk var det offisielle skriftspråket som blei brukt både i kyrkjene, i undervisninga og i alle andre offentlege samanhengar.

Kyrkja og Forsvaret hadde gitt viktige bidrag til kulturlivet i landet, og til at Noreg hadde ei lesekyndig befolkning. Kyrkja lærte dei unge å lese gjennom konfirmantførebuingane. Sidan konfirmasjon blei obligatorisk etter reformasjonen i 1537, fekk alle denne opplæringa. Det kompenserte til ein viss grad for at skulesystemet i tida før 1814 var svakt utbygd. Forsvaret gav på si side unge menn frå heile landet ein sjanse til å lære å lese og skrive gjennom utdanninga av underoffiserar.

Kyrkja hadde òg ei sentral rolle i utviklinga og formidlinga av musikk og biletkunst. Ho forvalta rike arkitektoniske, estetiske og historiske verdiar. Musikklivet i kyrkja var utgangspunkt for utviklinga av ei omfattande korrørsle. Dei geistlege utgjorde eit landsdekkjande nett av velutdanna personar som i mange tilfelle medverka i folkeopplysninga. Forsvarets musikk hadde utvikla godt skolerte musikarar som deltok i det lokale musikklivet og sørgde for at folk fekk tilgang til kunstmusikk.

Mens den offentlege innsatsen og institusjonsbygginga innanfor kunst- og kulturlivet i dansketida stort sett var avgrensa til København, var det private donasjonar og gåver som hadde bygd opp det som fanst i Noreg. Det ein hadde av tilbod i byane, var private teaterselskap og orkester, men dei spelte som regel i lukka krinsar. Medlemmer av embetsstanden og borgarskapet gav gåver og oppretta samlingar og bibliotek. Dei fleste sentrale kulturinstitusjonane i Noreg som i dag er offentleg drivne eller i stor grad finansierte av staten, har oppstått som private initiativ.

Det politiske miljøet i Noreg var i første del av 1800-talet som elles i Europa prega av den tidlege fasen av liberalismen. Staten skulle ikkje blande seg inn i slikt som marknaden eller private kunne ta seg av. Situasjonen var dessutan prega av at staten hadde svært trong økonomi etter utskiljinga frå Danmark. Det fanst likevel òg sterke krefter som argumenterte for at staten skulle og måtte ha ei framskoten rolle i nasjonsbygginga og dermed i samfunnsutviklinga. Ei demokratisk styreform krev opplyste borgarar, og dette måtte staten medverke til. I tråd med dette prioriterte Stortinget å løyve midlar til ulike kulturtiltak, typisk slike som skulle medverke til å forme ein nasjonal identitet og fremje Noregs ære overfor omverda. Biletkunsten fekk tidleg statleg støtte, først ved etableringa av den statlege Tegneskolen i 1818, så ved opprettinga av Nasjonalgalleriet i 1836. Stortinget løyvde òg midlar til innsamling av kunnskap om norsk kulturarv. Det blei gitt midlar til språkforsking og folkeminnegransking, og til innsamling og dokumentasjon av norsk historie.

Dette sosialliberale synet fekk breiare tilslutning i siste halvdel av 1800-talet. Stortinget utvida i denne perioden det statlege ansvaret for kulturlivet ved å løyve midlar til å opprette fleire sentrale kulturinstitusjonar. Biletkunsten var framleis eit prioritert område. Kunstnarane var på denne tida opptekne av å markere seg som kunstnarstand, med rett til å kjempe for eigne interesser på linje med andre grupperingar i samfunnet. For dei var det viktig å kunne stille ut og få avsetning på arbeida sine. Det var ei gryande forståing, også i politiske krinsar, for at kunstnarane sine kår og frie stilling måtte sikrast, og at staten måtte medverke til det. Allereie i 1884 blei det gitt støtte til Kunstnernes Utstilling / Statens Kunstutstilling, som vi i dag kjenner som Haustutstillinga. I 1889 tok ein eit grep om utdanninga av barn og unge ved å etablere folkeskulen. Skulen fekk ei sentral rolle i spreiinga av den nasjonale litteraturen og kunnskap om musikk, om norsk mellomalderhistorie og folkekultur. Og ikkje minst blei skulen eit viktig verktøy i ei anna sak som var heilt sentral på denne tida – språkspørsmålet. Med dette la ein grunnlaget for den viktige plassen skulen har hatt sidan, ikkje berre i utdanninga, men òg for danninga og kulturlivet.

Boks 4.1 Samfunnsdemokratisk motstandskraft

I ein artikkel frå 2013 skriv samfunnsforskaren Rune Slagstad:

Den politiske strid i annen halvpart av 1800-tallet kulminerte i 1884 med parlamentarismens innføring og detroniseringen av embetsmannseliten som politisk elite: venstrestaten (1884–1940) basert på de konkurrerende partier. I det politisk-demokratiske representerte Norge en avantgarde i forhold til Sverige. En av grunnene til det nye regimes slagkraftighet var at det berodde på et kompromiss mellom to konkurrerende dannelseseliter. Dannelsesborgerskapets reformative fløy ble forent med folkedannelsens eliter. Det var dette kompromiss som ga den nye epoke et karakteriserende trekk: den demokratiske folkelighets hegemoniske integrasjon i det statlige styringssystem.
Opptakten fant sted umiddelbart etter at Venstres leder Johan Sverdrup var kommet til makten i 1884. Sverdrup tok umiddelbart tre tunge reforminitiativ. Det ene var de pedagogiske reformer: folkestyrets basis skulle sikres gjennom en enhetsskole med basis i folkeskolen. Det andre var strafferettsreformene: en modernisert og demokratisert strafferett, med blant annet juryordningen i 1887 og straffeloven av 1902. […] Sverdrups tredje initiativ var nedsettelsen av en arbeiderkommisjon: de «ubemidlede klasser» skulle gis beskyttelse i en ekspanderende markedsøkonomi. Det var en sammenheng mellom disse tre initiativ, for så vidt som de samme personer som var de «ubemidlede» i den nye markedsøkonomi, også var folkestyrets velgere og jury-systemets dommere.

I same periode voks det fram sterke motkulturelle krefter – dei lågkyrkjelege samfunna, målrørsla, avhaldsorganisasjonane og seinare arbeidarrørsla. Desse kom i tillegg til den rike floraen av organisasjonar som hadde eit meir avgrensa kulturelt virke, og som hadde vakse fram gjennom heile hundreåret. Dette var ofte landsdekkjande organisasjonar som var demokratisk oppbygde frå det lokale til det nasjonale nivået. Eit formål for folkerørslene var at borgarane skulle kunne delta aktivt i det offentlege livet. Til saman har dette sivile samfunnet av demokratisk oppbygde organisasjonar vore ein svært viktig faktor i det norske kulturlivet og det norske demokratiet. Dette har prega kulturpolitikken i Noreg gjennom fleire generasjonar.

Ein konsekvens av landets nye grunnlov var at Noreg fekk etablert ei eiga presse. Grunnlova § 100 slo fast at «Trykkefrihed bør finde Sted» – og i 1819 kom den første norske dagsavisa, Morgenbladet. Det var også ein kraftig auke i talet på tidsskrift gjennom heile 1800-talet. Desse blei ein kanal for «folkets røyst» og utgjorde eit variert alternativ til avisene, meir tilgjengeleg for større grupper av befolkninga.

Ein siste faktor var oppbygginga av ei offentleg forvaltning og politiske organ. I samband med etableringa av unionen med Sverige blei det i november 1814 oppretta eit departement for kyrkje-, undervisnings- og kultursaker. Frå 1819 fekk dette namnet Kirke- og undervisningsdepartementet. Med formannskapslova i 1837 blei det fastlagt at politisk valde organ på kommunenivå skulle styre i lokale saker. Mot slutten av hundreåret kom etableringa av politiske parti og innføringa av parlamentarismen.

4.2 1920–1930-åra

I 1930-åra blei det lagt fram fleire utgreiingar for Stortinget med forslag om statleg finansiering og anna støtte til folkeopplysningsarbeid og kulturtiltak. I 1937 la Kyrkje- og undervisningsdepartementet fram forslag til ei tilleggsløyving «til støtte for Nasjonalteatret, Det Norske Teatret og Den Nasjonale Scene». Forslaget blei grunngitt med tilvising til teaterkrisa,4 som blei framstilt som internasjonal, og som hadde lagt grunnlag for liknande løyvingar i dei nordiske nabolanda. Teatera hadde sidan tidleg på 1800-talet prøvd å få staten til å vere med på å finansiere verksemda, noko som gong på gong var blitt avslått av Stortinget. Dette dokumentet kan sjåast som kimen til seinare tilskotsordningar for scenekunstinstitusjonane, som tre tiår seinare blei utvida til å omfatte orkestera.

I proposisjonen blei det foreslått å opprette eit riksteater, noko som først blei realisert i 1948. Landet fekk den første lova om folke- og skuleboksamlingar i 1935. Frå 1938 blei det oppretta eit eige kontor for kultursaker i Kyrkje- og undervisningsdepartementet.

På 1920-talet kom radioen til Noreg. Det å drive kringkasting blei snart definert som ei offentleg oppgåve, og Norsk rikskringkasting blei oppretta i 1933. Den statlege kringkastinga av radio, og seinare fjernsyn, medverka på viktige måtar til å integrere befolkninga i eit identitets- og kommunikasjonsfellesskap. No kunne folk i ulike delar av landet samtidig få med seg dei same nyhenda og programma. Radioen blei viktig også for kulturlivet i snevrare tyding. Hovudinnhaldet i radiosendingane var musikk, og frå starten av la NRK vekt på å spele norsk musikk. For musikklivet gav dette viktige utviklingsmoglegheiter både for sysselsetjing ved direkteframføringar og for inntekter frå speling av grammofonplater. I dei fire største byane inngjekk NRK avtalar med filharmoniensembla om bruk av desse som radioorkester.

I ei tid med kraftig økonomisk nedgang, fylt av både politisk, økonomisk og sosial uro, blei folkeopplysning og kulturopplevingar sett på som viktige mottiltak mot sosial uro, og som ein naturleg del av den generelle velferdsutviklinga.

4.3 Etterkrigstida

Kunsten og kulturen blei etter kvart sett på ikkje berre som viktige element i nasjonsbygginga og folkeopplysninga, men som ledd i utviklinga av det moderne velferdssamfunnet. I dei første tiåra etter den andre verdskrigen, då ein skulle gjenreise det krigsskadde Noreg, bygde ein opp ei rekkje statlege verksemder som skulle spreie kunst og kultur til befolkninga i heile landet.

Både Kulturbrevet5 stila til den norske regjeringa, forfatta av ei rekkje kjende kulturpersonlegdommar, og det fellesprogrammet partia på Stortinget blei samde om sommaren 1945, la vekt på at kunsten og kulturen i større grad måtte ut til heile folket. Ved sida av å løyse det ein også i mellomkrigstida hadde omtalt som «fritidsproblemet», forårsaka av kortare arbeidsveke og høg arbeidsløyse, skulle kunsten og kulturen vere med på å formidle åndelege verdiar og støtte opp under demokratiske haldningar.

Boks 4.2 Å tryggje tankefridom og sjølvstende

I ein tilleggsproposisjon til budsjettproposisjonen i 1949 (St.prp. nr. 1. Tillegg nr. 17) blir det foreslått løyvingar til organisert ungdomsarbeid og tiltak for fritidskultur. Departementet såg det som ønskjeleg å komme med nokre prinsipielle merknader og skriv blant anna: «Stat og kommune har til oppgåve å leggje vilkåra til rette for organisasjonane sitt arbeid og for den einskilde. Det offentlege skal her, som i skuleverket, gje ungdomen høve til å utvikle sine evner og bli frie, sjølvstendige menneske. Den demokratiske staten skal på dette området som elles vera ein garanti for åndsfridomen. Det er ei av dei viktigaste oppgåvene den demokratiske staten har, og det må vera ei grunnsetning i all kulturpolitikk å ta sikte på å tryggje tankefridom og sjølvstende for det einskilde mennesket.»

Eit tydeleg uttalt mål med kulturpolitikken i denne perioden var å styrkje det åndelege livet i Noreg, for å gjere samfunnet betre rusta overfor den typen ideologiske rørsler ein hadde opplevd i mellomkrigstida og under okkupasjonen. Utdanning og kunst- og kulturtilbod hadde vore skeivt fordelte mellom by og land, som mange andre gode. Det blei derfor lagt vekt på at alle typar velferdsgode måtte komme distrikta meir til gode. I ein slik kontekst satsa styresmaktene på å byggje opp eit statleg apparat med ansvar for å distribuere eit tilbod og stimulere til kunst- og kulturproduksjon ut over heile landet. I denne perioden blei dermed Riksteatret, Rikskonsertane, Riksgalleriet, Bygdekinoen, Statens bibliotektilsyn, Norsk filminstitutt, Den norske Opera og Norsk kulturråd oppretta.

Boks 4.3 Den frie kunsten kontra statleg innblanding

I 1965 blei Norsk kulturråd stifta og Norsk kulturfond etablert. Debatten var oppheta både blant politikarar og i kulturlivet. Alle var stort sett samde om at kunsten skulle vere fri, og at rådet måtte ha ei mest mogleg fri stilling. Det var likevel stor usemje om kvar grensa for statens innblanding skulle gå. Sentralt i diskusjonane stod spørsmålet om i kva grad og utstrekning det offentlege Noreg skulle ta delansvar for det som fram til då hadde kvilt på privat finansiering og innsats. Behovet for å sikre det norske språket og den norske litteraturen var ei sentral grunngiving for å opprette Norsk kulturråd.

Samtidig blei det satsa tungt på bygging av infrastruktur for kultur- og sportsaktivitetar, med samfunnshus og ulike typar forsamlingslokale og idrettsanlegg finansierte av overskotet frå det nyetablerte Norsk Tipping.

Etterkrigstida innleidde ein periode med aktivt statleg engasjement på kulturområdet, basert på brei politisk semje. Verkemiddel og nivå på løyvingar blei diskuterte, men det var i det store og heile semje om at det offentlege skulle ta medansvar for utviklinga av kulturlivet.

4.4 1970-åra

To ulike regjeringar (Korvald og Bratteli II) la fram kvar si kulturmelding på kvar si side av eit regjeringsskifte hausten 1973: St.meld. nr. 8 (1973–74) Om organisering og finansiering av kulturarbeid og St.meld. nr. 52 (1973–74) Ny kulturpolitikk. Meldingane innebar eit markant skifte i kulturpolitikken fordi dei gjorde ein heilskapleg gjennomgang av feltet og systematisk drøfta kulturpolitikkens mål og verkemiddel. I store trekk drog dei to meldingane opp dei same linjene for dette skiftet, men med noko ulik vektlegging av verkemidla. Det blei foreslått viktige strategiske val, både for statens eiga involvering og for retninga for den samla nasjonale kulturpolitikken.

I 1976 blei det lagt fram ei eiga kunstnarmelding, St.meld. nr. 41 (1975–76) Kunstnerne og samfunnet, som drøfta «kunstnernes oppgaver og vilkår i et moderne samfunn». Eit viktig utfall av meldinga var at ho la grunnlaget for å etablere ei rekkje støtteordningar og for eit tettare samarbeid mellom departementet og kunstnarorganisasjonane, som blant anna fekk rett til å forhandle med departementet om levekåra til kunstnarane. Dette førte til ei profesjonalisering og demokratisering av kunstnarorganisasjonane, som langt på veg stod fram som moderne fagforeiningar i 1970-åra.

Eit skifte av perspektiv i desse kulturmeldingane, særleg den siste, var ein overgang frå å grunngi kulturpolitikken med folkeopplysning, løysing av fritidsproblemet og oppbygging av åndelege verdiar i befolkninga, til at kulturpolitikken skulle medverke til trivsel og gode miljø.

Det utvida kulturomgrepet blei lansert og lagt til grunn i begge dei to kulturmeldingane. Det innebar at aktivitetar i frivillige lag og organisasjonar, i bygdelag og folkeakademi også skulle vere ein del av kulturfeltet og dermed av kulturpolitikken. Dette skapte mykje debatt, men meldingane sette vel helst ord på noko som allereie var eit faktum, og innebar ikkje noka faktisk kursendring. Både staten og kommunesektoren hadde lenge gitt støtte til idrett, ungdomsarbeid og ulike frivillige organisasjonar. Det nye var at slike aktivitetar blei innlemma i kulturomgrepet. No blei det frivillige kulturlivet definert som eit sjølvstendig kulturpolitisk område og eit viktig supplement til den profesjonelle kunsten og kulturen.

Eit anna trekk ved desse meldingane var vektlegging av desentralisering og oppfordring til lokalt og regionalt engasjement og innverknad på kulturpolitikken. Den grunnstrukturen som var bygd opp ved hjelp av dei ulike riksinstitusjonane og dei andre statlege innsatsane, måtte supplerast med institusjonar og kulturtiltak med meir lokalt og regionalt utgangspunkt. Slik blei dei sterke demokratiske straumdraga som følgde etter opprøret mot autoritetar og sentralmakt i 1960-åra, også gjeldande for kulturpolitikken.

Dette skjedde i ein periode med sterk vekst i statsbudsjettet, noko som òg kom kultursektoren til gode. Det var rom for å leggje inn nye tiltak. Blant anna blei det etablert eigne støtteordningar for kulturaktivitetar i kommunane og fylkeskommunane. Den økonomiske veksten gav i åra etter også høve til å opprette ei rekkje nye kunst- og kulturinstitusjonar, som regionteater, orkester og musikkensemble, museum og fylkesgalleri.

4.5 Tiåra etter 1970

Politikken frå 1970-åra blei i store trekk ført vidare i kulturmeldingane i 1980-åra, St.meld. nr. 23 (1981–82) Kulturpolitikk for 80-åra og St.meld. nr. 27 (1983–84) Nye oppgåver i kulturpolitikken. Det blei lansert ei sterkare vektlegging av sponsing av kunst og kultur. Kringkastingsmonopolet blei oppheva, og tilbodet blei utvida med fleire radio- og tv-kanalar. Dette har lagt til rette for ein heilt ny mediekvardag for folk flest, kraftig forsterka av den teknologiske utviklinga. Elles heldt ein stort sett fram i det same sporet og såg politikken frå 1970-åra med desentralisering av kulturen som eit naturleg spor å følgje.

Neste kulturmelding var St.meld. nr. 61 (1991–92) Kultur i tiden. Den la opp til ei viss justering av kursen. Det utvida kulturomgrepet var her mindre vektlagt, og meir vekt var lagt på kunstnarisk kvalitet, arkitektur og design.

Den statlege verkemiddelbruken overfor kommunesektoren var i endring, og det var ikkje lenger aktuelt med øyremerkte tilskotsordningar som insitament og styringsverktøy. Som nytt verkemiddel etablerte ein i denne meldinga ei ny funksjonsdeling som innebar at staten og fylkeskommunane, og oftast også den aktuelle kommunen, inngjekk avtalar om fordelingsnøklar for det offentlege tilskotet til eit 30-tal kulturinstitusjonar. Staten tok fullt finansieringsansvar for om lag 20 institusjonar.

Den hittil siste kulturmeldinga, St.meld. nr. 48 (2002–2003) Kulturpolitikk fram mot 2014, kom i 2003. Også den inneber stort sett ei vidareføring av politikken, sjølv om meldinga i større grad set søkjelys på utfordringar som globalisering og individualisering, kulturelt mangfald, digitalisering, endringar i organisasjonsformer og organiseringsgrad. Meldinga gir ein grundig gjennomgang av status innanfor dei ulike fagområda og drøftar kulturpolitikk som motvekt til utfordringane og som verktøy for å påverke utviklinga. Elles vektlegg meldinga forhold innanfor arkiv-, bibliotek- og museumsfeltet, og situasjonen for kulturbygg, der forventningane til kvalitet og standard hadde stige sterkt og det var ønskjeleg å styrkje innsatsen. Dette var ei oppfølging av St.meld. nr. 22 (1999–2000) Kjelder til kunnskap og oppleving (ABM-meldinga), som drøfta meir sektorspesifikke utfordringar for arkiv, bibliotek og museum inngåande, og skisserte tiltak for å samordne, effektivisere og styrkje desse områda.

Meldinga gjer grundig greie for statleg politikk og statlege verkemiddel, mens kommunar og fylkeskommunar har fått mindre plass.

I det første tiåret av 2000-talet blei det lagt fram ei rekkje særmeldingar innanfor kulturområdet, blant anna om frivilligheit, dataspel, film, språk, rytmisk musikk, scenekunst, bibliotek, digitalisering av radio, kultur og inkludering, visuell kunst, idrett og arkiv.

I 2007 fekk landet si første generelle kulturlov, som har til formål «å fastleggja offentlege styresmakters ansvar for å fremja og leggja til rette for eit breitt spekter av kulturverksemd, slik at alle kan få høve til å delta i kulturaktivitetar og oppleva eit mangfald av kulturuttrykk».6

4.6 Kommunesektorens rolle

1970-åra innleidde ein periode med sterk vekst i oppgåver og økonomi for kommunesektoren. Kommunane hadde rett nok i mange år allereie løyst oppgåver som drift av bibliotek, musikkskular og kino. Dei hadde gitt støtte til fritidsaktivitetar for barn og unge og til lokale organisasjonar innanfor idrett og andre kulturområde. Kommunane hadde medverka til bygging av samfunnshus, idrettsanlegg og annan infrastruktur. Investeringane i bygg og anlegg var ofte delfinansierte av staten via overskotet frå Norsk Tipping. Men det var store variasjonar i engasjement blant kommunane, og dermed i tilbodet til befolkninga. At det var ein viss etterspørsel og interesse for tilbodet, viste seg blant anna ved at det gjennomgåande var svært godt oppmøte når statlege kulturinstitusjonar som Riksteatret, Bygdekinoen og Rikskonsertane kom på besøk.

Fylkeskommunane var frå 1976 etablert som eige folkevalt forvaltningsnivå, og frå 1977 blei det innført direkte fylkesskatt. Fylkeskommunane fekk samtidig ei rekkje nye oppgåver. Desse reformene fall i tid saman med kulturmeldingane i 1970-åra, som la vekt på at både kommunar og fylkeskommunar skulle ha viktige roller i gjennomføringa av kulturpolitikken. Det blei gitt statlege midlar gjennom generelle tilskotsordningar til kulturtiltak i fylkeskommunane og kommunane. Dette skulle blant anna stimulere til å etablere eigne kulturetatar og politiske utval. Slik etablering skjedde i løpet av få år i alle fylka og i nesten alle kommunane. På kort tid blei det ein sterk vekst i det kulturpolitiske engasjementet i kommunesektoren. Ikkje minst kunne dette merkast i fylkeskommunane.

Fylkeskommunane blei i dei følgjande åra ein naturleg samarbeidspartnar for staten. Dei var med på innsatsen for å få kommunane på bana som meir strategiske og systematiske kulturpolitiske aktørar, og dei var medspelarar for å gjennomføre statens uttrykte oppfordring til å etablere regionale kulturinstitusjonar og tiltak. Samtidig utvikla regionnivået ein eigen kulturpolitikk. Dermed fekk vi tre nivå med til dels ulike og til dels overlappande oppgåver og roller, og få av desse var lovfesta. Samhandlinga mellom staten og kommunesektoren, særleg med fylkeskommunane, var utstrekt og veletablert i denne perioden.

Frå 1990-åra blei det gjennomført omfattande omleggingar av inntektssystemet til kommunesektoren, med bortfall av øyremerkte tilskot og auka vekt på rammefinansiering for å styrkje det lokale sjølvstyret. Dermed forsvann eit av dei viktigaste stimuleringsverkemidla som staten hadde brukt innanfor kultursektoren.

Den såkalla hovudutvalsmodellen7 som var utbreidd i norske kommunar frå 1970/1980-åra, blei avvikla igjen i 1990-åra i store delar av kommunesektoren. Dette førte ofte til omorganiseringar der kulturutvala og fagadministrasjonane som var bygde opp, blei slått saman med andre politikk- og fagområde. Dette har gjort det lettare å sjå kulturpolitikken i samanheng med andre samfunnsområde på kommunalt og fylkeskommunalt nivå. Samtidig har det medverka til større ulikskapar og meir kompliserte kontaktflater mellom forvaltningsnivåa, sidan organiseringa er ulik.

4.7 Vegen vidare

Sidan gjenreisinga av Noreg som eigen nasjon i 1814 har kulturpolitikken gjennomgått omfattande endringar. Til tider har politikken vore omstridd, men i lange periodar har det vore brei politisk semje om hovudtrekka. Både privat sektor, kommunesektoren og staten har heile tida spelt ei rolle, med vekslande tyngd og somme gonger i eit spenningsforhold til kvarandre, men oftast i dynamisk sameksistens.

I Noreg har det, særleg i etterkrigstida, blitt vektlagt at kultur skal vere eit rettferdig fordelt gode, og ikkje noko som berre er for enkelte grupper i befolkninga eller delar av landet. Som eit ledd i å realisere dette har både private og frivillige krefter og alle tre forvaltningsnivåa vore involverte i gjennomføringa av kulturpolitikken. Dagens arbeidsdeling mellom dei ulike aktørane følgjer i stor grad ein innarbeidd praksis, ofte basert på økonomiske eller informerande verkemiddel og i liten grad i form av lovregulering.

Sjølv om kulturfeltet dei siste tiåra har vore skilt ut som eit eige politikkområde, er det ikkje lausrive frå andre fagområde. Kulturpolitikken har vore innretta med omsyn til politiske straumdrag, teknologisk utvikling, Noregs posisjon i ei global verd, endringar i demografi og andre trekk ved samfunnet. Spreiinga av og kvaliteten på kunst og kultur har hatt ei sterk og svært positiv utvikling i heile etterkrigstida. Desse resultata er det viktig å ta vare på. Det er nødvendig med kontinuitet i kulturpolitikken, og politikken må byggje vidare på den positive utviklinga når det gjeld både kvalitet, variasjon og kvantitet i norsk kulturliv. Samtidig er det nødvendig å tenkje nytt i møte med utfordringane samfunnet står overfor framover.

Fotnotar

1.

Språk, utøvande kunst, sosiale skikkar, tradisjonshandverk, ritual, kunnskap og dugleikar knytte til naturen er eksempel på immateriell kulturarv.

2.

Jf. Finansdepartementet (2017). Meld. St. 29 (2016–2017) Perspektivmeldingen 2017.

3.

The Culture and Sport Evidence Programme (CASE) er eit strategisk forskingsprogram under leiing av Department of Culture, Media and Sports, i samarbeid med Arts Council England, English Heritage, the Museums og Sport England.

4.

Teatera i Noreg og elles i Europa var i økonomiske vanskar på grunn av sviktande billettinntekter, truleg som følgje av den generelle økonomiske krisa.

5.

«Vår kulturs fremtid. Et brev til den norske regjering 1945». Publisert bl.a. i Kultur og kulturpolitikk: Norsk kulturråd – fortid og framtid. Minneskrift til Leif J. Wilhelmsen og Hartvig Kiran. Cappelen 1985.

6.

Jf. Kulturdepartementet (2007). Ot.prp. nr. 50 (2006–2007) Om lov om offentlege styresmakters ansvar for kulturverksemd (kulturlova).

7.

Hovudutvalsmodellen gjekk ut på å opprette politiske utval med eit heilskapleg sektoransvar, typisk for helse, utdanning, samferdsel og kultur. Dei erstatta ofte ei rekkje utval, komitear, nemnder osv. Utvala fekk ofte vide fullmakter. Erfaringane blei etter kvart at dei førte til for sterk fragmentering av politikken og gjorde koordinering og heilskapstenking vanskeleg.

Til forsida