1 Innleiing og samandrag
Kunst og kultur er ytringar med samfunnsbyggjande kraft, og kulturpolitikken skal byggje på ytringsfridom og toleranse. Kulturlivet og sivilsamfunnet er føresetnader for danning og ei opplyst offentlegheit, og dermed ei investering i demokratiet. Kulturen skal vere fri, med personleg engasjement og frivilligheit som grunnlag.
For regjeringa er det viktig at folk skal få leve frie og sjølvstendige liv. Regjeringa vil medverke til å forløyse og støtte opp om skaparkrafta i enkeltmennesket og i dei fellesskapa som blir danna på arbeidsplassen, i familiar og i frivillige organisasjonar. Eit godt samfunn blir bygd nedanfrå. Regjeringa vil spreie makt og gi enkeltmenneske, familiar og lokalsamfunn høve til å styre sin eigen kvardag og forme si eiga framtid. Moglegheiter for alle og fridom til å leve eige liv kan berre sikrast gjennom eit rettferdig og berekraftig velferdssamfunn der evner og innsats tel meir enn bakgrunn og opphav.
Eit fritt samfunn oppstår ikkje av seg sjølv. Vi treng fungerande fellesskap og felles verdiar som rettstryggleik, personvern, ytringsfridom, tillit, frie medium, marknadsøkonomi, eigedomsrett og frivilligheit. Regjeringa vil forsvare desse verdiane og institusjonane som ber samfunnet vårt. Institusjonane på kulturfeltet er ein del av den berande infrastrukturen i samfunnet vårt.
Noreg står framfor ei stor økonomisk omstilling som vil krevje nytenking på mange felt, både i privat og offentleg sektor. Kreativitet er ein drivar for innovasjon og kan medverke til å styrkje den internasjonale konkurransekrafta vår. Kulturpolitikken kan vere med på å fremje læring og skaparkraft.
Regjeringa meiner at kulturlivet, frivilligheita og medieoffentlegheita er sjølvstendige byggjesteinar i samfunnet. Dei skal kunne utvikle seg mest mogleg på eigne premissar utan statleg overstyring. Det offentlege skal leggje til rette for utvikling og eit mangfald av private og offentlege finansieringskjelder. Det er ei viktig oppgåve å verne om kulturarven vår.
Kulturlivet skal vere relevant og representativt for heile befolkninga og medverke til at enkeltmenneska får fridom og høve til å uttrykkje seg. Noreg skal vere eit land der alle kan lykkast, same kva bakgrunn dei har. Kulturpolitikken må medverke aktivt til dette og fremje kunstnarisk kvalitet og autonomi. Det er viktig å spreie makt i den offentlege kultursatsinga.
Demokratiet blir utfordra, og internasjonalt ser vi at ytringsfridommen, den kunstnariske fridommen og den fagleg frie stillinga til kulturinstitusjonane er under press. Tilliten til og trua på demokratiet er på vikande front fleire stader. Fleire land ser ut til å vere i ferd med å bli «seg sjølv nok» og orienterer seg innover. Samtidig ser vi at det veks fram digitale ekkokammer, og at store globale aktørar i stadig større grad legg premissane for dei vala vi gjer som forbrukarar og kultur- og mediebrukarar. Dette er utviklingstrekk som legg press på mangfaldet av ytringar og kulturuttrykk. Folkestyret står sterkt i Noreg, men også hos oss blir demokratiet meir sårbart. Vi må jobbe aktivt med å vise fram verdien av dei grunnleggjande elementa i eit demokrati, som ytringsfridom, tolerante fellesskap og respekt for individet.
Eit rikt og variert kulturliv er ein av føresetnadene for ytringsfridom og eit velfungerande demokrati. Når offentlegheita blir stadig meir oppdelt, kan kunst og kultur både danne, forme og styrkje fellesskap og samfunnsstrukturen rundt oss. Innvandring er ei kjelde til nye impulsar og kulturutveksling. Variasjon medverkar til nytenking, innovasjon og kreativitet. Ein offensiv og målretta kulturpolitikk vil vere eit effektivt verktøy for å fremje ei positiv utvikling i samfunnet.
1.1 Bakgrunn for kulturmeldinga
Det er behov for ei ny, overordna kulturmelding som gir tydeleg retning for kulturpolitikken i framtida. Ein brei gjennomgang av kulturfeltet ligg føre i NOU 2013: 4 Kulturutredningen 2014. Den utgreiinga er eit sentralt grunnlagsdokument for denne meldinga. Utgreiinga framhevar at det er viktig å ha ein kulturpolitikk som aktivt medverkar til eit mangfaldig og inkluderande kulturliv, og som samtidig sikrar vidareutvikling av samlande og delte referanserammer innanfor eit nasjonalt fellesskap. Utgreiingsutvalet ser dette som ei sentral grunngiving for kulturpolitikken. Utvalet seier òg at det kan vere vanskeleg å få auge på mål som framstiller det overordna formålet og grunngivinga for kulturpolitikken. Vidare peikar utvalet på at det ikkje har vore formulert nokon tydeleg filosofi som forklarer kvifor kulturpolitikken er så viktig, og kvifor det er nødvendig å heve statusen til dette politikkområdet.
Målet om å skape kunst- og kulturuttrykk av ypparste kvalitet må liggje til grunn for kulturpolitikken. Den samfunnsbyggjande krafta i kulturen er sideverknader og meirverdi av dette. Men det at kunst- og kulturuttrykk har kraft i seg sjølv, gir ikkje åleine tilfredsstillande svar på kvifor samfunnet skal prioritere kulturverksemd framfor andre formål. Svara på dette er heller å finne i kulturverksemd som grunnlag for demokratiutvikling, sosiale fellesskap og økonomisk verdiskaping.
I arbeidet med denne meldinga har Kulturdepartementet i samarbeid med fylkeskommunane invitert til breitt orienterte og opne innspelsmøte over heile landet. Det har i tillegg vore fleire nasjonale innspelsmøte i Oslo, og departementet har motteke nærmare 400 skriftlege innspel1. Dette viser eit stort engasjement for kulturpolitikk over heile landet. Innspel som er komne inn i samband med kulturmeldinga, utgjer eit kunnskapsgrunnlag både for denne meldinga og for andre meldingar og strategiar regjeringa skal leggje fram i tida som kjem.
Mange av innspela departementet har fått, legg vekt på at ein nasjonal kulturpolitikk og kulturpolitiske mål må omfatte både det lokale, det regionale og det nasjonale kunst- og kulturlivet. Innspela framhevar at kunst og kultur er viktig i kraft av seg sjølv, som arena for ytringsfridom, som møteplass og som arena for integrering, at kunst og kultur har mykje å seie for utviklinga av menneske og samfunn, og at det er ein sentral del av vår felles identitet. Fleire peikar på behovet for meir kulturforsking og statistikk som kan vise kor viktig kunst og kultur er for samfunnet.
Når det gjeld organisering og ansvarsdeling i kulturpolitikken, kan ein generelt seie at fylkeskommunane ønskjer å få fleire oppgåver på kulturområdet, mens institusjonar og andre aktørar er skeptiske til å flytte slike oppgåver frå staten. Grunngivinga for skepsisen er frykt for politisk innblanding i kunstnariske prosessar og generell nedprioritering av dette politikkområdet i kampen om knappe ressursar i kommunar og fylkeskommunar. Mange av aktørane i sektoren gir uttrykk for at det gir høg status og anerkjenning å få statleg finansiering.
Hovudinntrykket frå innspelsmøta og dei skriftlege innspela er at Noreg har eit rikt og levande kulturliv over heile landet. Behovet for tydelege, overordna kulturpolitiske mål, formålstenleg ansvarsdeling mellom forvaltningsnivåa og fleire finansieringskjelder står fram som viktige tema i kulturpolitikken i framtida.
1.2 Formål med kulturmeldinga
I denne meldinga peikar regjeringa på kulturpolitiske utfordringar framover i lys av sentrale utviklingstrekk i samfunnet, som teknologisk utvikling, globalisering, demografiske endringar og utviklinga i samfunnsøkonomien. Meldinga skisserer den overordna politiske retninga for kulturpolitikken framover, fastset ambisjonar og gjer greie for nasjonale kulturpolitiske mål. Meldinga foreslår kulturpolitiske prioriteringar som er nødvendige for å utnytte handlingsrom og takle utfordringar i kulturlivet framover, og varslar om kva område det trengst ein særskild innsats på.
Kulturmeldinga vil bli etterfølgd av eigne stortingsmeldingar og strategidokument som skal konkretisere behov og tiltak på delområde av kulturpolitikken. Regjeringa vil leggje fram kunstnarmelding (KUD), barne- og ungdomskulturmelding (KUD/KD), museumsmelding (KUD), språkmelding (KUD), nasjonal bibliotekstrategi (KUD) og strategi for kultur og reiseliv (KUD/NFD). Konkrete behov og tiltak som følgje av kulturmeldinga vil òg bli følgde opp i dei årlege budsjettproposisjonane til Stortinget. Regjeringa vil i 2020 også leggje fram ei stortingsmelding om kulturminnepolitikken (KLD).
1.3 Samandrag
Norsk kulturliv har vore gjennom ei svært positiv utvikling dei siste tiåra, med auka profesjonalisering og stor kvalitetsheving. Noreg har eit rikt og mangfaldig kulturliv som det er all grunn til å vere stolt av, også i internasjonal samanheng. Det er nødvendig å byggje vidare på det som er oppnådd i kulturpolitikken. Samtidig trengst det nokre justeringar, slik at kulturpolitikken kan bli betre tilpassa nye behov i dagens samfunn.
1.3.1 Mål for den nasjonale kulturpolitikken
I forslaga til nasjonale kulturpolitiske mål søkjer regjeringa å vidareføre det som fungerer godt i dag, og samtidig leggje til rette for utvikling i tråd med nye forventningar og behov i samfunnet. Måla blir utdjupa i kapittel 5, sjå også boks 1.1.
Boks 1.1 Nasjonale kulturpolitiske mål
Samfunnsmål
Eit levande demokrati der alle er frie til å ytre seg, og der mangfald, skaparkraft og kreativitet er høgt verdsett. Eit inkluderande samfunn der kunst og kultur av ypparste kvalitet inspirerer, samlar og lærer oss om oss sjølv og omverda.
Overordna kulturpolitiske mål
Eit fritt og uavhengig kulturliv som
skaper kunst- og kulturuttrykk av ypparste kvalitet
fremjar danning og kritisk refleksjon
tek vare på og formidlar kulturarv
skaper og formidlar eit kulturtilbod som blir opplevd som relevant, og som representerer befolkninga
er tilgjengeleg for alle og oppmuntrar den enkelte til å oppleve og delta i kulturaktivitetar
tilbyr møteplassar og byggjer fellesskap
fornyar seg og viser evne til omstilling
har internasjonal gjennomslagskraft og fremjar interkulturell forståing
styrkjer norsk språk, dei samiske språka, dei nasjonale minoritetsspråka og norsk teiknspråk som grunnleggjande kulturberarar
1.3.2 Struktur og innhald i meldinga
Meldinga er bygd opp i to hovuddelar. Kapittel 2 til 4 handlar om utviklingstrekk i samfunnet og kva rolle kunsten og kulturen både har og har hatt i samfunnsutviklinga. Kapittel 5 til 13 gjer greie for ambisjonar og mål og særskilde innsatsområde i kulturpolitikken framover.
Kapittel 2 handlar om korleis kunsten og kulturlivet blir stadig viktigare i ei tid prega av høgt endringstempo.
Ytringsfridom er ein grunnleggjande føresetnad for demokrati og menneskerettar. Kunst og kultur er nettopp ytringar, og ansvaret staten har på kulturfeltet, er forankra i «infrastrukturkravet» i Grunnlova § 100 sjette ledd.2 Omsynet til demokratiet er hovudgrunngjevinga for å føre ein aktiv kulturpolitikk og stiller krav til at kunst- og kulturlivet er i stand til å medverke til ei levande og kritisk offentlegheit gjennom produksjon av kunst og kultur av fagleg høg kvalitet og ved å nå ut til ulike grupper i befolkninga.
Kulturpolitikken kan òg gi vesentlege bidrag til måloppnåing på andre politikkområde.
Kapittel 3 gjer greie for generelle utviklingstrekk i samfunnet og kulturlivet. Når utviklinga går raskare og endringstrykket aukar, blir det òg større behov for å forstå drivarane i utviklinga og korleis dei kan påverke oss framover. Kapittelet tek sikte på å klarleggje kva for drivarar som vil kunne ha mest å seie for kulturlivet, og som krev særleg merksemd i den nasjonale kulturpolitikken.
Kapittel 4 trekkjer opp hovudlinjene i kulturpolitikken frå 1814 og fram til i dag. Kulturlivet har hatt ei positiv utvikling i heile etterkrigstida, og dette kapittelet viser at kulturpolitikken må byggje vidare på denne utviklinga. Samtidig er det behov for å gjere nokre justeringar i møte med framtidige moglegheiter og utfordringar.
Kapittel 5 utdjupar måla som regjeringa legg til grunn for den nasjonale kulturpolitikken framover. Måla skal vise at kulturpolitikken er ei nasjonal satsing, det vil seie at verkemiddel og tiltak på både statleg, fylkeskommunalt og kommunalt nivå medverkar til måloppnåinga.
Dei statlege prioriteringane for kulturpolitikken følgjer av dei overordna nasjonale måla. Måla vil bli konkretiserte og følgde opp i årlege budsjettproposisjonar og i kommande stortingsmeldingar og strategidokument om avgrensa område. Måla skal ein søkje å nå med økonomiske, juridiske, organisatoriske og informerande verkemiddel.
Kapittel 6 til 12 tek for seg innsatsområde som krev særleg merksemd framover, og fortel kva politikk regjeringa vil føre på desse områda.
Kapittel 6 dreier seg om kunstpolitikken. For å sikre kunstens plass som eit gode i samfunnet må det leggjast til rette for produksjon, formidling og tilgjenge over heile landet. Det er kunstnarane som leverer innhald til kulturlivet. Den kunstpraksisen, dei uttrykksmåtane og det verdssynet kunstnarane har, er heilt avgjerande for den vidare utviklinga av kunst- og kulturlivet. For at samfunnet heile tida skal ha eit rikt, mangfaldig og vitalt kunstliv, trengst det søkbare tilskotsordningar, føreseieleg forvaltning og ein stabil infrastruktur av institusjonar for produksjon og framsyning.
Kapittel 7 går inn på dei moglegheitene den teknologiske utviklinga gir for å tilgjengeleggjere, spreie og formidle kunst- og kulturuttrykk på nye måtar, og å utvikle og eksperimentere med nye, digitale uttrykk. Den teknologiske utviklinga kan verke demokratiserande om ho blir brukt riktig og kulturlivet utnytter dei moglegheitene som teknologien gir. Digitalisering gjer det mogleg å nå ut til eit større publikum med den kunsten som blir produsert. Den digitale utviklinga stiller nye krav til korleis vi skal ta vare på den digitale samhandlinga og kommunikasjonen vår for kommande generasjonar, og opnar samtidig for nye måtar å gjere kulturarv tilgjengeleg på. For at teknologiske løysingar skal kunne brukast i tenester som er retta mot heile befolkninga, er det viktig å intensivere satsinga på ein norskspråkleg digital infrastruktur.
Kapittel 8 viser korleis den økonomiske utviklinga i kultursektoren gjer at ein treng evne til omstilling framover. Ulike finansieringskjelder, omstilling og nye forretningsmodellar blir stadig viktigare for å ta vare på eit rikt og mangfaldig kulturliv.
Kapittel 9 legg vekt på kor viktig det er å bringe kunst og kultur frå Noreg og ut i verda for å møte ein større marknad, auke profesjonaliteten og aktualiteten i kulturlivet og fremje Noreg i det internasjonale samfunnet. Samtidig må det leggjast til rette for at norsk kulturliv blir eksponert for og inspirert av kulturuttrykk frå andre nasjonar, slik norsk kulturliv alltid har blitt.
Kapittel 10 viser at det er avgjerande at kultursektoren klarer å vere relevant for alle deler av samfunnet og dei ulike fellesskapa våre, og at han representerer befolkninga. Dette er ein føresetnad for å utløyse den samfunnsbyggjande krafta som kunst og kultur kan ha, og for den framtidige viljen til å prioritere offentleg finansiering av kulturlivet.
På kulturfeltet har mangfaldsomgrepet vore brukt både for å markere behov for kunstnarisk mangfald og som eit uttrykk for representasjon av variasjonen i befolkninga: tilfanget av stemmer, meiningar og tema. I denne meldinga er det lagt til grunn ei brei forståing av mangfaldsomgrepet.
Kapittel 11 handlar om kor viktige danningsprosessar er for å byggje demokrati og viser korleis kulturlivet kan medverke til å forsterke slike prosessar. Danning handlar om å myndiggjere enkeltmenneske til å gjere sjølvstendige val som byggjer på kunnskap og forståing for samfunnet som eit ytringsfellesskap. Kulturlivet kan gjere sitt til å motverke uønskte utviklingstrekk i samfunnet og vere med på å forsterke ønskjelege utviklingstrekk. Kunst og kultur skal medverke til å setje enkeltmenneske i stand til å vere aktive borgarar i samfunnet, å uttrykkje seg og å gjere val som byggjer på forståing og respekt for dei vala andre gjer. På denne måten er kunst og kultur demokratibyggjande.
Kapittel 12 gjer greie for korleis ein skal dekkje behovet for kunnskap som grunnlag for kulturpolitikken og utviklinga av kultursektoren framover.
Kulturpolitikken må byggjast på solid kunnskap om kultursektoren, kva som særmerkjer sektoren, kva for utviklingstrekk og utfordringar han står overfor, og korleis tiltak og verkemiddel fungerer. Eit kunnskapsbasert kulturliv vil vere ei sterkare samfunnskraft og i større grad medverke til å nå overordna mål for politikkområdet. Det må leggjast til rette for forsking og kompetanseutvikling på kulturfeltet, og tilfanget av relevant statistikk må sikrast. Det skal òg leggjast til rette for langsiktig oppbygging av forskingsmiljø med solid kunnskap om kunst-, kultur- og mediesektoren.
Kapittel 13 gjer greie for kva for prinsipp regjeringa foreslår for fordeling av oppgåver og ansvar, grunngitt i ein ambisjon om betre måloppnåing i kulturpolitikken på alle forvaltningsnivå. Det må vere ei formålstenleg arbeidsdeling mellom dei ulike forvaltningsnivåa for å nå dei nasjonale måla for kulturpolitikken. Dei ulike offentlege aktørane må ha tett dialog og arbeide koordinert og målretta for dei same overordna måla.
Kapittel 14 gjer greie for økonomiske og administrative konsekvensar av prioriteringane i kulturmeldinga.
Fotnotar
Dei skriftlege innspela er publiserte på nettsida til Kulturdepartementet: www.regjeringen.no/no/tema/kultur-idrett-og-frivillighet/innsiktsartikler/arbeidet-med-ny-kulturmelding/har-du-skriftlig-innspill/id2554337/
I Grunnlova § 100 sjette ledd heiter det: «Dei statlege styresmaktene skal leggje til rette for eit ope og opplyst offentleg ordskifte». Dette inneber at staten pliktar å medverke aktivt til etablering og drift av kanalar ut i det offentlege rommet, slik at det verkeleg blir mogleg for individ og grupper å ytre seg.