Meld. St. 3 (2022–2023)

Statsrekneskapen 2022

Til innhaldsliste

2 Utgifter under departementa

Dette kapittelet inneheld ei kort omtale av rekneskapen til kvart einskilt departement og av statlege utlån. Kapittelet syner utviklinga på programområde og programkategoriar dei seinare åra. Under kvart programområde vert rekneskapen for 2020, 2021 og 2022 synt i ein tabell saman med nysaldert budsjett for 2022. Samla lånetransaksjonar kjem fram på ei særskild rad.

Tabell 2.1 syner utgifter etter programområde per departement, og med referanse til avsnitt i meldinga med nærare omtale.

Tabell 2.1 Utgifter 2022 etter programområde (tal i mrd. kroner)

Programområde / departement inkludert lånetransaksjonar

Referanse til omtale

Budsjett 2022

Rekneskap 2022

Avvik budsjett og rekneskap

Kongehuset

0,5

0,5

0,0

Regjeringa

0,4

0,4

0,0

Stortinget og eksterne organ

2,5

2,5

0,0

Sum 00 Konstitusjonelle institusjonar

2.1

3,4

3,4

0,0

02 Utanriksforvaltning

9,4

9,5

-0,1

03 Internasjonal bistand

46,8

46,7

0,1

Sum Utanriksdepartementet, UD

2.2

56,2

56,2

0,1

Sum 07 Kunnskapsføremål, KD

2.3

123,5

124,3

-0,8

Sum 08 Kulturføremål, KUD

2.4

23,1

23,6

-0,4

Sum 06 Justissektoren, JD

2.5

49,3

50,6

-1,3

Sum 13 Statsforvaltning og kommunesektoren m.m.

2.6

259,1

258,7

0,4

09 Arbeid og sosiale føremål

54,5

54,0

0,5

29 Sosiale føremål, folketrygda

486,7

488,1

-1,3

33 Arbeidsliv, folketrygda

13,7

13,9

-0,2

Sum Arbeids- og inkluderingsdepartementet, AID

2.7

554,9

556,0

-1,1

10 Helse og omsorg

214,3

216,0

-1,7

30 Helsetenester, folketrygda

38,6

38,1

0,5

Sum Helse- og omsorgsdepartementet, HOD

2.8

252,9

254,1

-1,2

11 Barn og familie

33,8

34,0

-0,2

28 Foreldrepengar, folketrygda

24,7

24,1

0,6

Sum Barne- og familiedepartementet, BFD

2.9

58,5

58,0

0,4

17 Nærings- og fiskeriføremål

133,4

128,5

4,8

33 Arbeidsliv, folketrygda

0,1

0,1

0,0

Sum Nærings- og fiskeridepartementet, NFD

2.10

133,4

128,6

4,9

Sum 15 Landbruk og mat, LMD

2.11

29,5

28,1

1,4

21 Innanlands transport

79,9

81,3

-1,4

22 Posttenester

0,9

0,9

0,0

Sum Samferdselsdepartementet, SD

2.12

80,9

82,3

-1,4

Sum 12 Klima og miljø, KLD

2.13

19,9

19,8

0,1

23 Finansadministrasjon

2.14

54,7

55,1

-0,4

24 Statleg gjeld og fordringar, renter og avdrag

4.2

13,8

17,5

-3,7

Sum Finansdepartementet, FIN

68,5

72,6

-4,1

Sum 04 Militært forsvar, FD

2.15

79,6

78,5

1,1

Sum 18 Olje- og energiføremål, OED

2.16

39,9

33,2

6,7

Sum 26 Ymse utgifter

0,1

0,0

0,0

Sum 34 Statens pensjonsfond utland

1.7/3.1

1 399,1

1 368,7

30,3

Sum1)

3 231,7

3 196,7

35,0

1) Tabell 1.6 i kapittel 1 syner mindreutgifter på 3 997 mill. kroner utan lånetransaksjonar, statleg petroleumsverksemd og overføring til Statens pensjonsfond utland. Netto mindreutgifter for desse postane utgjer høvesvis 5 068 mill. kroner, -378 mill. kroner og 30 346 mill. kroner. I tillegg kjem meirutgifter på statsgjelda på 4 000 mill. kroner. Dette gjev 35 033 mill. kroner i brutto mindreutgifter med lånetransaksjonar.

Tabellane i avsnitta 2.1 til 2.16 nedanfor er ordna i ei rekkjefølgje som er avleidd av departementa sine kapittelnummer i statsbudsjettet. Avsnitt 2.17 inneheld ei kort omtale av statlege utlån.

Rekneskapen vert i utgangspunktet gjord opp på kapittel- og postnivå. For detaljar knytte til kapittel og postar, sjå vedlegg 2, Løyvingsrekneskap for staten. Overføringar av unytta løyvingar frå eit år til det neste vert vedtekne på postnivå. Unytta beløp kan overførast på postar merkte «kan overførast», medan vanlege driftspostar berre kan overførast med opp til fem prosent av løyvinga. Eit programområde inneheld mange postar, og summen av overførte beløp er difor ikkje den same som summen av unytta løyvingar på programområdet sett under eitt. Tabell 1.10 i vedlegg 1 syner utgiftsløyvingar, rekneskap og overførte løyvingar utanom lånetransaksjonar per programområde og gjev eit oversyn over samla meirinntekter knytte til områda.

Løyvingsrekneskapen er stilt opp etter departementsstrukturen som var gjeldande per 31. desember 2022.

Ved samanlikning av rekneskapstal over perioden 2020 til 2022 vil utgifter knytte til koronapandemien i større eller mindre grad påverke fleire programområde og -kategoriar.

Dersom ein ynskjer å sjå nærare på rekneskapen i den einskilde statlege verksemd finns denne i årsrapporten til verksemda. Årsrapportane vert publiserte både på departementas og verksemdene sine nettsider innan 1. mai. Direktoratet for forvaltning og økonomistyring (DFØ) publiserer gjennom året og ved årsslutt òg statsrekneskapen på eit meir detaljert nivå enn sjølve løyvingsrekneskapen. Ein kan mellom anna, ut over kapittel- og postnivå, få fram informasjon om utgifter og inntekter i statsrekneskapen for den einskilde verksemd etter art som i standard kontoplan for staten. På nettportalen Statsregnskapet.no presenterer DFØ til dømes òg nøkkeltal som kan vere eit utgangspunkt for samanlikning av verksemder.

Det kan vere avvik mellom sumtala i tabellane og dei avrunda tala som står ovanfor summane. Sumtala skal vere i samsvar med rekneskapen.

2.1 Konstitusjonelle institusjonar

Programområde 00 Konstitusjonelle institusjonar

(i mill. kroner)

Programkategori

Rekneskap 2020

Rekneskap 2021

Budsjett 2022

Rekneskap 2022

00.10

Kongehuset

291,1

335,7

455,3

455,0

00.30

Regjeringa

442,3

397,3

410,4

422,2

00.40

Stortinget og eksterne organ

1 966,9

2 008,8

2 493,9

2 517,5

Sum før lånetransaksjonar

2 700,3

2 741,8

3 359,5

3 394,7

Lånetransaksjonar

0,0

0,0

0,0

0,0

Sum Konstitusjonelle institusjonar

2 700,3

2 741,8

3 359,5

3 394,7

Samla avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei meirutgift på 35,2 mill. kroner. Overført løyving frå 2021 aukar disponibel løyving med 213,6 mill. kroner, frå 3 359,5 mill. kroner til 3 573,1 mill. kroner. Rekneskapen syner dermed ei mindreutgift på 178,4 mill. kroner samanlikna med disponibel løyving.

På programområdet er det netto meirinntekter på i alt 1,3 mill. kroner. Det er overført til saman 178,2 mill. kroner til 2023 på postar merkte «kan overførast» og vanlege driftspostar.

Sjå òg tabell 1.10 i vedlegg 1, der fleire detaljar om overføringar og meirinntekter på programområdet er spesifiserte.

Trenden i rekneskapen i perioden 2020–2022

På programområde 00 Konstitusjonelle institusjonar har utgiftene før lånetransaksjonar auka nominelt med 0,7 mrd. kroner, frå 2,7 mrd. kroner til 3,4 mrd. kroner. Frå 2020 til 2021 auka utgiftene med 1,5 prosent, og frå 2021 til 2022 auka dei med 23,8 prosent.

Under programkategori 00.10 Kongehuset har utgiftene auka med 164 mill. kroner, frå 291 mill. kroner til 455 mill. kroner. Frå 2020 til 2021 auka utgiftene med 15,3 prosent, og frå 2021 til 2022 auka dei med 35,6 prosent. Auken frå 2020 til 2021 og frå 2021 til 2022 er i hovudsak knytt til prosjektet for sikringstiltak for kongefamilien.

Under programkategori 00.30 Regjeringa har utgiftene minka med 20 mill. kroner, frå 442 mill. kroner til 422 mill. kroner. Frå 2020 til 2021 minka utgiftene med 10,2 prosent, og frå 2021 til 2022 auka dei med 6,3 prosent. Hovudårsaka til reduksjonen frå 2020 til 2021 var overføringa av Regjeringas bilteneste til Politiets sikkerheitsteneste. Som følgje av regjeringsskiftet hausten 2021 var det òg i 2022 store utgifter til ytingar ved fråtreding og karantene. Utgiftene til reiser auka i 2022 opp til eit meir normalt nivå enn under pandemien.

Under programkategori 00.40 Stortinget og eksterne organ har utgiftene auka med 551 mill. kroner, frå 1 967 mill. kroner til 2 517 mill. kroner. Frå 2020 til 2021 auka utgiftene med 2,1 prosent, og frå 2021 til 2022 auka dei med 25,3 prosent. Hovudårsaka til den store auken i 2022 var eit tilskot på 300 mill. kroner til Alfred Nobels minnestiftelse. I 2022 auka òg godtgjeringa til stortingsrepresentantane og tilskotet til partigruppene meir enn vanleg.

2.2 Utanriksdepartementet

Utanriksdepartementet har ansvaret for to budsjettområde: programområde 02 Utanriksforvaltning og programområde 03 Internasjonal bistand (ODA).

Programområde 02 Utanriksforvaltning

(i mill. kroner)

Program-kategori

Rekneskap 2020

Rekneskap 2021

Budsjett 2022

Rekneskap 2022

02.00

Administrasjon av utanrikspolitikken

2 402,6

2 433,5

2 532,8

2 601,1

02.10

Utanriksføremål

5 081,6

5 356,7

6 898,8

6 893,3

Sum før lånetransaksjonar

7 484,2

7 790,2

9 431,6

9 494,5

Lånetransaksjonar

195,4

1,5

0,4

0,4

Sum 02 Utanriksforvaltning

7 679,6

7 791,8

9 432,0

9 494,8

Programområde 03 Internasjonal bistand

03.00

Forvaltning av utviklingssamarbeidet

2 160,6

2 144,2

2 323,5

2 329,7

03.10

Utviklingssamarbeidet

32 898,8

33 469,2

42 491,5

42 358,4

Sum før lånetransaksjonar

35 059,5

35 613,4

44 815,1

44 688,0

Lånetransaksjonar

1 365,0

1 239,9

1 989,9

1 989,9

Sum 03 Internasjonal bistand

36 424,5

36 853,3

46 804,9

46 677,9

Sum Utanriksdepartementet

44 104,1

44 645,0

56 236,9

56 172,7

Programområde 02 Utanriksforvaltning

Samla avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei meirutgift på 62,8 mill. kroner. Overført løyving frå 2021 aukar disponibel løyving med 382,9 mill. kroner, frå 9 431,6 mill. kroner til 9 814,5 mill. kroner. Rekneskapen syner dermed ei mindreutgift på 320,0 mill. kroner samanlikna med disponibel løyving.

På programområdet er det netto meirinntekter på i alt 31,7 mill. kroner. Det er overført til saman 344,4 mill. kroner til 2023 på postar merkte «kan overførast» og vanlege driftspostar.

Sjå òg tabell 1.10 i vedlegg 1, der fleire detaljar om overføringar og meirinntekter på programområdet er spesifiserte.

Trenden i rekneskapen i perioden 2020–2022

På programområde 02 Utanriksforvaltning har utgiftene før lånetransaksjonar auka nominelt med 2,0 mrd. kroner, frå 7,5 mrd. kroner til 9,5 mrd. kroner. Frå 2020 til 2021 auka utgiftene med 4,1 prosent, og frå 2021 til 2022 auka dei med 21,9 prosent.

Under programkategori 02.00 Administrasjon av utanrikspolitikken har utgiftene auka med 0,2 mrd. kroner, frå 2,4 mrd. kroner til 2,6 mrd. kroner. Frå 2020 til 2021 auka utgiftene med 1,3 prosent, og frå 2021 til 2022 auka dei med 6,9 prosent. Endringane har i hovudsak samanheng med pris- og lønskompensasjon og med valutakursutvikling.

Under programkategori 02.10 Utanriksføremål har utgiftene auka med 1,8 mrd. kroner, frå 5,1 mrd. kroner til 6,9 mrd. kroner. Frå 2020 til 2021 auka utgiftene med 5,4 prosent, og frå 2021 til 2022 auka dei med 28,7 prosent. Endringane har i hovudsak samanheng med auka utbetalingar under EØS-finansieringsordningane.

Programområde 03 Internasjonal bistand

Samla avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei mindreutgift på 127,0 mill. kroner. Overført løyving frå 2021 aukar disponibel løyving med 556,3 mill. kroner, frå 44 815,1 mill. kroner til 45 371,3 mill. kroner. Rekneskapen syner dermed ei mindreutgift på 683,3 mill. kroner samanlikna med disponibel løyving.

På programområdet er det ikkje netto meirinntekter. Det er overført til saman 686,0 mill. kroner til 2023 på postar merkte «kan overførast» og vanlege driftspostar.

Sjå òg tabell 1.10 i vedlegg 1, der fleire detaljar om overføringar og meirinntekter på programområdet er spesifiserte.

Trenden i rekneskapen i perioden 2020–2022

På programområde 03 Internasjonal bistand har utgiftene før lånetransaksjonar auka nominelt med 9,6 mrd. kroner, frå 35,1 mrd. kroner til 44,7 mrd. kroner. Frå 2020 til 2021 auka utgiftene med 1,6 prosent, og frå 2021 til 2022 auka dei med 25,5 prosent.

Under programkategori 03.00 Forvaltning av utviklingssamarbeidet har utgiftene auka med knapt 0,2 mrd. kroner, frå knapt 2,2 mrd. kroner til drygt 2,3 mrd. kroner. Frå 2020 til 2021 minka utgiftene med 0,8 prosent, og frå 2021 til 2022 auka dei med 8,7 prosent. Endringane har i hovudsak samanheng med pris- og lønskompensasjon og med valutakursutvikling.

Under programkategori 03.10 Utviklingssamarbeidet har utgiftene auka med 9,5 mrd. kroner, frå 32,9 mrd. kroner til 42,4 mrd. kroner. Frå 2020 til 2021 auka utgiftene med 1,7 prosent, og frå 2021 til 2022 auka dei med 26,6 prosent. Den store auken kjem i hovudsak av ekstraordinær bistand til Ukraina og naboland og auka flyktningutgifter i Noreg grunna ukrainske flyktningar, etter at Russland gjekk til krig mot Ukraina.

Utbetalingar til utviklingshjelp i perioden 2018–2022

I statsrekneskapen for 2022 er det samla utgiftsført 49 692,5 mill. kroner i offisiell utviklingshjelp (ODA), fordelt som følgjer:

  • 46 677,9 mill. kroner under Utanriksdepartementet

  • 2 893,3 mill. kroner under Klima- og miljødepartementet (klimatiltak på kap. 1482)

  • 63,2 mill. kroner under Finansdepartementet (nettoført mva. på kap. 1633, fordelt med 58,6 mill. kroner på Utanriksdepartementet og underliggjande etatar og 4,6 mill. kroner på Klima- og miljødepartementet)

  • 39,0 mill. kroner til utviklingsprosjekt under Riksrevisjonen (utviklingsprosjekt på kap. 51)

  • 15,6 mill. kroner under Kunnskapsdepartementet (forsking på kap. 285)

  • 3,5 mill. kroner under Kommunal- og distriktsdepartementet og Finansdepartementet for ulike fellestenester

Samla utbetalingar i 2022, i alt 49 692,5 mill. kroner, utgjer 0,86 prosent av BNI for 2022, slik BNI for 2022 no er venta.

Tabellen nedanfor syner tal for samla norsk offisiell utviklingshjelp (nominelle tal) i perioden 2018–2022:

År

Utbetalt i mill. kroner

Utbetalt i prosent av BNI1)

Unytta løyving overført til neste termin (i mill. kroner)

Unytta løyving overført neste budsjettermin, i prosent av budsjett

2018

34 768

0,94

852

2,5

2019

37 984

1,03

744

1,9

2020

39 844

1,12

658

1,7

2021

39 972

0,92

679

1,7

2022

49 693

0,86

710

1,4

1) Rekna ut på bakgrunn av faktisk BNI det aktuelle året. I budsjettsamanheng vert utviklingshjelpa målt i prosent av forventa BNI komande budsjettår.

2.3 Kunnskapsdepartementet

Programområde 07 Kunnskapsføremål1)

(i mill. kroner)

Program-kategori

Rekneskap 2020

Rekneskap 2021

Budsjett 2022

Rekneskap 2022

07.10

Administrasjon

643,7

656,9

652,3

649,5

07.20

Grunnopplæringa

12 540,6

13 837,6

13 397,2

13 447,0

07.30

Barnehagar

765,9

694,2

780,3

791,8

07.40

Høgare yrkesfagleg utdanning

951,2

1 112,5

1 243,9

1 256,8

07.50

Kompetansepolitikk og livslang læring

2 038,9

1 802,1

1 823,6

2 003,8

07.60

Høgare utdanning og forsking

50 227,4

51 259,3

54 929,8

55 474,4

07.80

Utdanningsstøtte

15 190,6

15 179,2

15 766,4

15 680,3

Sum før lånetransaksjonar

82 358,4

84 541,8

88 593,6

89 303,5

Lånetransaksjonar

32 656,5

34 885,7

34 859,8

34 992,9

Sum Kunnskapsdepartementet

115 014,9

119 427,5

123 453,3

124 296,4

1) Tidlegare programkategori 07.90 Integrering og mangfald er frå 2022 flytta frå Kunnskapsdepartementet til programkategori 09.70 under Arbeids- og inkluderingsdepartementet. Samanlikningstal for 2020 og 2021 er tilsvarande omklassifiserte.

Samla avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei meirutgift på 710,0 mill. kroner. Overført løyving frå 2021 aukar disponibel løyving med 1 804,7 mill. kroner, frå 88 593,6 mill. kroner til 90 398,2 mill. kroner. Rekneskapen syner dermed ei mindreutgift på 1 094,7 mill. kroner samanlikna med disponibel løyving.

På programområdet er det netto meirinntekter på i alt 17,0 mill. kroner. Det er overført til saman 928,2 mill. kroner til 2023 på postar merkte «kan overførast» og vanlege driftspostar.

Lånetransaksjonar syner ei meirutgift på 133,1 mill. kroner. Sjå òg tabell 1.10 i vedlegg 1, der fleire detaljar om overføringar og meirinntekter på programområdet er spesifiserte.

Trenden i rekneskapen i perioden 2020–2022

På programområde 07 Kunnskapsføremål har utgiftene før lånetransaksjonar auka nominelt med 6,9 mrd. kroner, frå 82,4 mrd. kroner til 89,3 mrd. kroner. Frå 2020 til 2021 auka utgiftene med 2,7 prosent, og frå 2021 til 2022 auka dei med 5,6 prosent.

Under programkategori 07.10 Administrasjon har utgiftene auka med 6 mill. kroner, frå 644 mill. kroner til 649 mill. kroner. Frå 2020 til 2021 auka utgiftene med 2,1 prosent, og frå 2021 til 2022 minka dei med 1,1 prosent. Utgiftsauken frå 2020 til 2021 var om lag i takt med løns- og prisutviklinga. I 2022 vart nokre utgifter til utdanningsforsking flytta til denne programkategorien. Samstundes vart administrative utgifter flytta frå programkategori 07.10 til programkategori 09.00 som følgje av at tidlegare programkategori 07.90 Integrering og mangfald vart flytta til programkategori 09.70 under Arbeids- og inkluderingsdepartementet. Desse endringane gjorde at det netto vart ein nedgang i utgiftene frå 2021 til 2022.

Under programkategori 07.20 Grunnopplæringa har utgiftene auka med 0,9 mrd. kroner, frå 12,5 mrd. kroner til 13,4 mrd. kroner. Frå 2020 til 2021 auka utgiftene med 10,3 prosent, og frå 2021 til 2022 minka dei med 2,8 prosent. Auken frå 2020 til 2021 kjem mellom anna av mellombelse tiltak på grunn av pandemien. Reduksjonen frå 2021 til 2022 skriv seg mellom anna frå at fleire av desse tiltaka gradvis er fasa ut.

Under programkategori 07.30 Barnehagar har utgiftene auka med 26 mill. kroner, frå 766 mill. kroner til 792 mill. kroner. Frå 2020 til 2021 minka utgiftene med 9,4 prosent, og frå 2021 til 2022 auka dei med 14,1 prosent. Barnehagane vert i hovudsak finansierte gjennom dei frie inntektene til kommunane. Eit treårig tilskot til bemanningstettleik for å støtte små barnehagar som hadde problem med å oppfylle bemanningsnorma som tok til å gjelde i 2018, tok slutt i 2020, og dette er hovudårsaka til at utgiftene på denne programkategorien minka frå 2020 til 2021. Auken frå 2021 til 2022 heng i hovudsak saman med løyvingar til auka pedagogtettleik i barnehagar i levekårsutsette område.

Under programkategori 07.40 Høgare yrkesfagleg utdanning har utgiftene auka med 0,3 mrd. kroner, frå knapt 1,0 mrd. kroner til knapt 1,3 mrd. kroner. Frå 2020 til 2021 auka utgiftene med 17,0 prosent, og frå 2021 til 2022 auka dei med 13,0 prosent. Auken i perioden kjem fyrst og fremst av at det både i 2021 og 2022 vart løyvd pengar til ein stor auke i talet på studieplassar.

Under programkategori 07.50 Kompetansepolitikk og livslang læring har utgiftene minka med 35 mill. kroner frå 2 039 mill. kroner til 2 004 mill. kroner. Frå 2020 til 2021 minka utgiftene med 11,6 prosent, og frå 2021 til 2022 auka dei med 11,2 prosent. Utgiftsreduksjonen frå 2020 til 2021 kjem mellom anna av at tilskotet til freds- og menneskerettssenter vart flytta frå programkategori 07.50 til programkategori 07.20 Grunnopplæringa, og at store delar av tilskotet til studieforbund vart flytta over til budsjettet til Kultur- og likestillingsdepartementet. Auken frå 2021 til 2022 skriv seg mellom anna frå at det vart flytta midlar til kategorien i samband med at Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse vart etablert.

Under programkategori 07.60 Høgare utdanning og forsking har utgiftene auka med drygt 5,2 mrd. kroner, frå 50,2 mrd. kroner til 55,5 mrd. kroner. Frå 2020 til 2021 auka utgiftene med 2,1 prosent, og frå 2021 til 2022 auka dei med 8,2 prosent. Vidareføring av rekrutteringsstillingar og studieplassar som vart oppretta i 2020 førte til ein auke i utgiftene også i 2021 og 2022. Vidare vart det meir resultatbasert utteljing, som følgje av auke i oppnådde studiepoeng og i talet på kandidatar og doktorgrader. Løyvingar til pandemitiltak for studentane og styrking av dei søknadsbaserte ordningane for fleksibel og desentralisert utdanning var òg med på å auke utgiftene i 2021 og 2022. Ein stor del av auken frå 2021 til 2022 skriv seg frå at Stortinget vedtok ei ekstra løyving til Noregs Forskingsråd for å vesentleg redusere negative avsetjingar. Vidare har kontingenten til EUs rammeprogram for forsking og innovasjon, Horisont Europa, auka monaleg.

Under programkategori 07.80 Utdanningsstøtte har utgiftene auka med 0,5 mrd. kroner, frå 15,2 mrd. kroner til 15,7 mrd. kroner. Frå 2020 til 2021 minka utgiftene med 0,1 prosent, og frå 2021 til 2022 auka dei med 3,3 prosent. Nedgangen frå 2020 til 2021 kjem hovudsakleg av lågare utgifter til rentestøtte som følgje av lågare rentenivå, og mindre tap på utlån. Auken frå 2021 til 2022 skriv seg hovudsakeleg frå utgifter til straumstipend, som studentane fekk tilbod om i 2022 i tillegg til den studiestøtta dei elles fekk. Vidare auka rentestøtta igjen i 2022 som følgje av utviklinga i rentenivået.

Utgiftene til lånetransaksjonar har auka med 2,3 mrd. kroner, frå 32,7 mrd. kroner til 35,0 mrd. kroner. Frå 2020 til 2021 auka utgiftene med 6,8 prosent, og frå 2021 til 2022 var auken på 0,3 prosent. Utgiftsauken frå 2020 til 2021 kjem av at høgare studenttal har løyst ut auke i studiestøtta gjennom Lånekassa, og at det frå hausten 2020 vart innført tilbod om tilleggslån til studentar over 30 år og studentar som har barn. Frå 2021 til 2022 var studenttalet stabilt, og sidan det i 2022 ikkje var utgifter til pandemirelatert tilleggslån, auka ikkje samla utgifter til lånetransaksjonar nemnande. Sjå òg kapittel 2.17, der detaljar om utlåna frå Lånekassa er nærare spesifiserte.

2.4 Kultur- og likestillingsdepartementet

Programområde 08 Kulturføremål

(i mill. kroner)

Program-kategori

Rekneskap 2020

Rekneskap 2021

Budsjett 2022

Rekneskap 2022

08.10

Administrasjon

177,6

204,5

212,5

211,4

08.15

Frivilligheitsføremål

2 076,7

2 583,0

3 471,9

3 193,5

08.20

Kulturføremål

12 561,5

14 436,3

10 187,5

10 916,7

08.30

Medieføremål m.m.

7 960,4

8 153,0

8 731,8

8 724,9

08.45

Likestilling og ikkje-diskriminering

429,7

489,9

514,5

507,3

Sum før lånetransaksjonar

23 206,0

25 866,8

23 118,2

23 553,8

Lånetransaksjonar

0,0

0,0

0,0

0,0

Sum Kultur- og likestillingsdepartementet

23 206,0

25 866,8

23 118,2

23 553,8

Samla avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei meirutgift på 435,6 mill. kroner. Overført løyving frå 2021 aukar disponibel løyving med 1 549,1 mill. kroner, frå 23 118,2 mill. kroner til 24 667,3 mill. kroner. Rekneskapen syner dermed ei mindreutgift på 1 113,5 mill. kroner samanlikna med disponibel løyving.

På programområdet er det netto mindreinntekter på i alt 0,4 mill. kroner. Det er overført til saman 1 079,6 mill. kroner til 2023 på postar merkte «kan overførast» og vanlege driftspostar. Dette er ein nedgang på 469,5 mill. kroner, som i hovudsak er knytt til programkategori 08.20 og kompensasjonsordningar i møte med pandemien. Sjå vedlegg 2 for detaljert oversyn på dei einskilde kapittel og postar.

Sjå òg tabell 1.10 i vedlegg 1, der fleire detaljar om overføringar og meirinntekter på programområdet er spesifiserte.

Trenden i rekneskapen i perioden 2020–2022

På programområde 08 Kulturføremål har utgiftene før lånetransaksjonar auka nominelt med drygt 0,3 mrd. kroner, frå 23,2 mrd. kroner til knapt 23,6 mrd. kroner. Frå 2020 til 2021 auka utgiftene med 11,5 prosent, og frå 2021 til 2022 minka dei med 8,9 prosent.

Under programkategori 08.10 Administrasjon har utgiftene auka med 34 mill. kroner, frå 178 mill. kroner til 211 mill. kroner. Frå 2020 til 2021 auka utgiftene med 15,2 prosent, og frå 2021 til 2022 auka dei med 3,3 prosent. Auken over perioden vert mellom anna påverka av endringar i kapittel- og poststruktur i 2021. Sjå omtale av dette i statsrekneskapen 2021.

Under programkategori 08.15 Frivilligheitsføremål har utgiftene auka med 1,1 mrd. kroner, frå 2,1 mrd. kroner til 3,2 mrd. kroner. Frå 2020 til 2021 auka utgiftene med 24,4 prosent, og frå 2021 til 2022 auka dei med 23,6 prosent. Auken frå 2020 til 2021 kom av at tilskot til frivilligsentralar og studieforbund frå 2021 vart utbetalte frå departementet. Auken frå 2021 til 2022 kjem av straumstøtteordninga for frivillige organisasjonar som følgje av ekstraordinære straumprisar i 2022. For båe åra var det òg ein auke i løyvinga som gjeld meirverdiavgiftskompensasjon til frivillige organisasjonar.

Under programkategori 08.20 Kulturføremål har utgiftene minka med drygt 1,6 mrd. kroner, frå knapt 12,6 mrd. kroner til 10,9 mrd. kroner. Frå 2020 til 2021 auka utgiftene med 14,9 prosent, og frå 2021 til 2022 minka dei med 24,4 prosent. Nedgangen frå 2021 til 2022 kjem hovudsakleg av at utgiftene til kompensasjons- og stimuleringsordningar for kultur, frivilligheit og idrett i møte med pandemien var 3 mrd. kroner lågare i 2022 enn i 2021.

Under programkategori 08.30 Medieføremål m.m. har utgiftene auka med knapt 0,8 mrd. kroner, frå knapt 8,0 mrd. kroner til drygt 8,7 mrd. kroner. Frå 2020 til 2021 auka utgiftene med 2,4 prosent, og frå 2021 til 2022 auka dei med 7,0 prosent. Auken frå 2021 til 2022 kjem i hovudsak av lågare utgifter til meirverdiavgift for NRK i 2021 som følgje av den mellombelse reduksjonen av meirverdiavgiftssatsen under koronapandemien.

Under programkategori 08.45 Likestilling og ikkje-diskriminering har utgiftene auka med 78 mill. kroner, frå 430 mill. kroner til 507 mill. kroner. Frå 2020 til 2021 auka utgiftene med 14,0 prosent, og frå 2021 til 2022 auka dei med 3,5 prosent. Den store auken frå 2020 til 2021 kom i stor grad frå tiltak retta mot personar med nedsett funksjonsevne i samband med pandemien. Auken over perioden sett under eitt kjem i hovudsak av ein auke i løyvingar til arbeid for likestilling og mot rasisme, diskriminering og hatefulle ytringar.

2.5 Justis- og beredskapsdepartementet

Programområde 06 Justissektoren

(i mill. kroner)

Program-kategori

Rekneskap 2020

Rekneskap 2021

Budsjett 2022

Rekneskap 2022

06.10

Administrasjon

593,3

615,4

657,7

660,7

06.20

Rettsstell

3 211,9

3 338,2

3 557,3

3 555,7

06.30

Straffegjennomføring og konfliktråd

5 368,3

5 719,4

5 900,6

5 991,5

06.40

Politi- og påtalemakt

22 015,2

22 092,5

24 011,8

25 458,1

06.50

Redningstenesta, samfunnstryggleik og beredskap

5 013,0

6 859,0

5 116,3

5 279,2

06.60

Andre verksemder

1 621,2

1 618,5

1 717,0

1 693,6

06.70

Statens sivilrettsforvaltning, rettshjelp, erstatningsordningar m.m.

1 568,9

1 410,8

1 480,6

1 345,0

06.80

Svalbardbudsjettet m.m.

406,1

453,1

476,5

445,2

06.90

Beskyttelse og innvandring

2 367,8

2 320,6

6 378,9

6 155,1

Sum før lånetransaksjonar

42 165,8

44 427,5

49 296,8

50 584,1

Lånetransaksjonar

0,0

0,0

0,0

0,0

Sum Justis- og beredskapsdepartementet

42 165,8

44 427,5

49 296,8

50 584,1

Samla avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei meirutgift på 1 287,4 mill. kroner. Overført løyving frå 2021 aukar disponibel løyving med 3 122,2 mill. kroner, frå 49 296,8 mill. kroner til 52 418,9 mill. kroner. Rekneskapen syner dermed ei mindreutgift på 1 834,8 mill. kroner samanlikna med disponibel løyving.

På programområdet er det netto meirinntekter på i alt 92,3 mill. kroner. Det er overført til saman 1 171,9 mill. kroner til 2023 på postar merkte «kan overførast» og vanlege driftspostar.

Dette er ein nedgang på 1 950,3 mill. kroner, som for ein stor del er knytt til programkategori 06.40, jf. kap. 440 Politidirektoratet – politi- og lensmannsetaten og programkategori 06.50, jf. kap. 451 Direktoratet for samfunnsikkerheit og beredskap. Sjå vedlegg 2 for detaljert oversyn på dei einskilde kapittel og postar.

Sjå òg tabell 1.10 i vedlegg 1, der fleire detaljar om overføringar og meirinntekter på programområdet er spesifiserte.

Trenden i rekneskapen i perioden 2020–2022

På programområde 06 Justissektoren har utgiftene før lånetransaksjonar auka nominelt med 8,4 mrd. kroner, frå 42,2 mrd. kroner til 50,6 mrd. kroner. Frå 2020 til 2021 auka utgiftene med 5,4 prosent, og frå 2021 til 2022 auka dei med 13,9 prosent.

Under programkategori 06.20 Rettsstell har utgiftene auka med drygt 0,3 mrd. kroner, frå 3,2 mrd. kroner til knapt 3,6 mrd. kroner. Frå 2020 til 2021 auka utgiftene med 3,9 prosent, og frå 2021 til 2022 auka dei med 6,5 prosent. Auken i utgifter over treårs-perioden kjem mellom anna som følgje av auka løyvingar til dommarstillingar og ulike digitaliseringsprosjekt i domstolane.

Under programkategori 06.30 Straffegjennomføring og konfliktråd har utgiftene auka med 0,6 mrd. kroner, frå 5,4 mrd. kroner til 6,0 mrd. kroner. Frå 2020 til 2021 auka utgiftene med 6,5 prosent, og frå 2021 til 2022 auka dei med 4,8 prosent. Auken heng mellom anna saman med prisauke på husleige, energi og mat. Kap. 433 Konfliktråd kom inn som nytt kapittel under programkategorien i 2021. Tidlegare låg dette på kap. 474 under programkategori 06.70.

Under programkategori 06.40 Politi- og påtalemakt har utgiftene auka med drygt 3,4 mrd. kroner, frå 22,0 mrd. kroner til knapt 25,5 mrd. kroner. Frå 2020 til 2021 auka utgiftene med 0,4 prosent, og frå 2021 til 2022 auka dei med 15,2 prosent. Hovudforklaringa er auka utgifter som følgje av fleire asylsøkarar knytt til situasjonen i Ukraina og ein auke i prisnivå samanlikna med nivået i 2021. Det har òg vorte auka utbetaling til Noreg sine kontingentar for internasjonale forpliktingar i justissektoren, samanlikna med 2021. Dei rekneskapsførte utgiftene må òg sjåast i samanheng med auka overføringar av unytta løyvingar på programkategorien, som er eit uttrykk for noko etterslep samanlikna med dei disponible løyvingane.

Under programkategori 06.50 Redningstenesta, samfunnstryggleik og beredskap har utgiftene auka med 0,3 mrd. kroner, frå 5,0 mrd. kroner til 5,3 mrd. kroner. Frå 2020 til 2021 auka utgiftene med 36,8 prosent, og frå 2021 til 2022 minka dei med 23,0 prosent. Hovudforklaringa på reduksjonen frå 2021 til 2022 er at det vart utbetalt mindre knytt til karantenehotellordninga og til anskaffing av nye redningshelikopter som følgje av forseinkingar i prosjektet m.m.

Under programkategori 06.60 Andre verksemder har utgiftene auka med 0,1 mrd. kroner, frå 1,6 mrd. kroner til 1,7 mrd. kroner. Frå 2020 til 2021 minka utgiftene med 0,2 prosent, og frå 2021 til 2022 auka dei med 4,6 prosent. Utgiftene til særskilde straffesaker varierer som følgje av mengda straffesaker og deira omfang, oppnemnde forsvararar, bruken av tolkar og sakkunnige og den offentlege salærsatsa. I periodar av 2020 og 2021 førte pandemien til at det var utfordrande å gjennomføre saker i domstolane. Saker med enkel kompleksitet vart effektuert. Dette førte til restansar, og i 2022 har det difor vore ein del tunge saker i domstolane, noko som har ført til auka utgifter.

Under programkategori 06.70 Statens sivilrettsforvaltning, rettshjelp, erstatningsordningar m.m. har utgiftene minka med drygt 0,2 mrd. kroner, frå knapt 1,6 mrd. kroner til drygt 1,3 mrd. kroner. Frå 2020 til 2021 minka utgiftene med 10,1 prosent, og frå 2021 til 2022 minka dei med 4,7 prosent. Det er fleire forhold som har ført til at utgiftene er reduserte. Når det gjeld fri rettshjelp, vert det gjeve bistand i barnesakene. Dei står for ein stor del av kostnadane til rettshjelp. Slike sakar går for domstolane over fleire år. Advokatar som yter juridisk bistand i slike saker, fakturerer fyrst når saken har fått ein endeleg løysing. Kontoret for valdsoffererstatning har høye restansar, slik at det vart utbetalt mindre i erstatning til valdsoffer. I tillegg er utbetalingane til erstatning etter straffeforfølging reduserte som følgje av at fleire av sakene førebels ikkje har komme til utbetaling. Vidare er det utbetalt mindre i tilfelle der buet eller den som ber om konkurs ikkje dekkjer utgiftene.

Under programkategori 06.80 Svalbardbudsjettet m.m. har utgiftene auka med 39 mill. kroner, frå 406 mill. kroner til 445 mill. kroner. Frå 2020 til 2021 auka utgiftene med 11,6 prosent, og frå 2021 til 2022 minka dei med 1,7 prosent.

Utgiftene på Svalbardbudsjettet auka frå 2020 til 2021 fordi utgifter til Samfunnet Jan Mayen (kap. 481) då vart inkludert under programkategorien, medan dette tidlegare låg under Samferdselsdepartementet (kap. 1361). Tilskotet til Svalbardbudsjettet kjem fram av kap. 480, post 50 i statsrekneskapen og utgjer eit netto tilskot.

Under programkategori 06.90 Beskyttelse og innvandring har utgiftene auka med 3,8 mrd. kroner, frå 2,4 mrd. kroner til 6,2 mrd. kroner. Frå 2020 til 2021 minka utgiftene med 2,0 prosent, og frå 2021 til 2022 auka dei med 165 prosent. Hovudforklaringa er auka utgifter som følgje av fleire asylsøkarar frå Ukraina. Frå 2016 til 2021 har talet på asylsøkarar til Noreg vore lågt. I perioden har Utlendingsdirektoratet (UDI) redusert talet på mottaksplassar. I 2022 måtte det opprettast svært mange asylmottak for å innkvartere utlendingar som søker om vern.

2.6 Kommunal- og distriktsdepartementet

Programområde 13 Statsforvaltning og kommunesektoren m.m.

(i mill. kroner)

Program-kategori

Rekneskap 2020

Rekneskap 2021

Budsjett 2022

Rekneskap 2022

13.00

Administrasjon1)

2 062,5

2 284,2

2 363,6

2 377,2

13.25

Statsforvaltarane

1 987,6

1 986,9

2 101,7

2 043,0

13.30

Statlege byggeprosjekt og eigedomsforvaltning

6 814,6

3 818,4

7 676,7

7 198,8

13.40

Forvaltningsutvikling, IT- og ekompolitikk

2 081,8

2 088,7

2 328,7

2 213,9

13.45

Personvern

68,4

71,3

73,0

70,3

13.50

Distrikts- og regionalpolitikk

2 025,6

5 059,6

1 581,7

1 566,1

13.60

Samiske føremål

539,9

563,6

583,4

586,6

13.67

Nasjonale minoritetar

51,2

59,7

59,0

56,0

13.70

Kommunesektoren m.m.

207 786,5

205 212,6

199 549,8

199 411,5

13.80

Bustad, bustadmiljø og bygg

4 294,2

4 234,5

5 518,2

5 582,6

13.90

Planlegging, byutvikling og geodata

1 379,6

1 297,0

1 421,0

1 384,7

Sum før lånetransaksjonar

229 092,0

226 676,3

223 256,7

222 490,6

Lånetransaksjonar1)

26 491,2

27 786,4

35 831,0

36 203,3

Sum Kommunal- og distriktsdepartementet

255 583,1

254 462,8

259 087,7

258 693,9

1) Bustadlånsordninga og gruppelivs- og yrkesskadeforsikringa i Statens pensjonskasse er frå 2022 flytta frå programkategori 09.50 under Arbeids- og inkluderingsdepartementet til programkategori 13.00 under Kommunal- og distriktsdepartementet. Samanlikningstal for 2020 og 2021, inkludert lånetransaksjonar knytt til bustadlåna, er omklassifiserte tilsvarande.

Samla avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei mindreutgift på 766,1 mill. kroner. Overført løyving frå 2021 aukar disponibel løyving med 1 392,8 mill. kroner, frå 223 256,7 mill. kroner til 224 649,5 mill. kroner. Rekneskapen syner dermed ei mindreutgift på 2 158,8 mill. kroner samanlikna med disponibel løyving.

På programområdet er det netto mindreinntekter på i alt 46,5 mill. kroner. Det er overført til saman 1 877,9 mill. kroner til 2023 på postar merkte «kan overførast» og vanlege driftspostar.

Lånetransaksjonar syner ei meirutgift på 372,3 mill. kroner. Sjå òg tabell 1.10 i vedlegg 1, der fleire detaljar om overføringar og meirinntekter på programområdet er spesifiserte.

Trenden i rekneskapen i perioden 2020–2022

På programområde 13 Statsforvaltning og kommunesektoren m.m. har utgiftene før lånetransaksjonar minka nominelt med 6,6 mrd. kroner, frå 229,1 mrd. kroner til 222,5 mrd. kroner. Frå 2020 til 2021 minka utgiftene med 1,1 prosent, og frå 2021 til 2022 minka dei med 1,8 prosent.

Under programkategori 13.00 Administrasjon har utgiftene auka med 0,3 mrd. kroner, frå 2,1 mrd. kroner til 2,4 mrd. kroner. Frå 2020 til 2021 auka utgiftene med 10,8 prosent, og frå 2021 til 2022 auka dei med 4,1 prosent. Auken frå 2020 til 2021 kjem hovudsakleg av løyving til husleiekompensasjon som følgje av kapitalkostnadene for sikker teknisk infrastruktur fase 1 i nytt regjeringskvartal. Auken frå 2021 til 2022 kjem mellom anna av løyving til å innføra ny e-postsynkronisering for departementa og einskilde rammeoverføringar frå andre departement.

Under programkategori 13.25 Statsforvaltarane har utgiftene over treårsperioden vore på om lag 2,0 mrd. kroner. Frå 2020 til 2021 var utgiftene tilnærma uendra, og frå 2021 til 2022 auka dei med 2,8 prosent. Auken kjem hovudsakleg av at statsforvaltarane i 2022 har brukt oppsparte midlar etter pandemien. Ei rad med tiltak måtte utsettast i 2020 og 2021, til dømes fagsamlingar, tilsyn og statsborgarseremoniar. I 2022 har statsforvaltarane teke igjen noko av etterslepet.

Under programkategori 13.30 Statlege byggeprosjekt og eigedomsforvaltning har utgiftene auka med 0,4 mrd. kroner, frå 6,8 mrd. kroner til 7,2 mrd. kroner. Frå 2020 til 2021 minka utgiftene med 44,0 prosent, og frå 2021 til 2022 auka dei med 88,5 prosent. Nedgangen frå 2020 til 2021 skil seg ut med lågare byggeaktivitet, medan nivået i 2022 er om lag som i 2020. Auken frå 2021 til 2022 kjem mellom anna av høgare løyving til byggetrinn 1 av nytt regjeringskvartal, og oppstart av fleire nye byggjeprosjekt.

Under programkategori 13.40 Forvaltningsutvikling, IT- og ekompolitikk har utgiftene auka med 0,1 mrd. kroner, frå 2,1 mrd. kroner til 2,2 mrd. kroner. Frå 2020 til 2021 auka utgiftene med 0,3 prosent, og frå 2021 til 2022 auka dei med 6,0 prosent. Auken frå 2020 til 2021 kjem mellom anna av auka løyvingar til Digitaliseringsdirektoratet for å utvikle og oppretthalde ei sikker, stabil og robust drift og forvalting av Altinn. Auken frå 2021 til 2022 kjem mellom anna av høgare løyving til norsk deltaking i programmet for eit digitalt Europa, DIGITAL.

Under programkategori 13.50 Distrikts- og regionalpolitikk har utgiftene minka med knapt 0,5 mrd. kroner, frå drygt 2,0 mrd. kroner til knapt 1,6 mrd. kroner. Frå 2020 til 2021 auka utgiftene med 149,8 prosent, og frå 2021 til 2022 minka dei med 69,0 prosent. Auken frå 2020 til 2021 kjem i all hovudsak av ekstraordinære tiltak i møte med pandemien. Dette omfattar mellom anna kommunal kompensasjonsordning for lokale verksemder, kommunale næringsfond og støtte til Siva. Nedgangen frå 2021 til 2022 kjem i all hovudsak av lågare løyvingar til slike ekstraordinære tiltak.

Under programkategori 13.70 Kommunesektoren m.m. har utgiftene minka med 8,4 mrd. kroner, frå 207,8 mrd. kroner til 199,4 mrd. kroner. Frå 2020 til 2021 minka utgiftene med 1,2 prosent, og frå 2021 til 2022 minka dei med 2,8 prosent. Utgiftene under denne programkategorien må sjåast i samanheng med det samla økonomiske opplegget for kommunesektoren i statsbudsjettet. Nedgangen frå 2020 til 2022 kjem mellom anna av lågare ekstraordinære løyvingar til kommunesektoren i samband med koronapandemien.

Under programkategori 13.80 Bustad, bustadmiljø og bygg har utgiftene auka med 1,3 mrd. kroner, frå 4,3 mrd. kroner til 5,6 mrd. kroner. Frå 2020 til 2021 minka utgiftene med 1,4 prosent, og frå 2021 til 2022 auka dei med 31,8 prosent. Nedgangen frå 2020 til 2021 kjem mellom anna av lågare løyvingar til tilskot til utleigebustadar. Auken frå 2021 til 2022 kjem mellom anna av ei styrking av bustøtte til barnefamiliar og ekstrautbetalingar av bustøtte som følgje av høge straumprisar.

Under programkategori 13.90 Planlegging, byutvikling og geodata har utgiftene auka med 5 mill. kroner, frå 1 380 mill. kroner til 1 385 mill. kroner. Frå 2020 til 2021 minka utgiftene med 6,0 prosent, og frå 2021 til 2022 auka dei med 6,8 prosent. Nedgangen frå 2020 til 2021 kjem mellom anna av at det tidsavgrensa arbeidet på nasjonal detaljert høgdemodell i Kartverket nærma seg ferdig. Auken frå 2021 til 2022 kjem mellom anna av at DOGA (Design og Arkitektur Norge) vart flytta til denne programkategorien, og at Kartverket har endra rekneskapsføring av nokre inntekter knytt til PRIMAR-samarbeidet.

Lånetransaksjonar syner ein auke på 9,7 mrd. kroner, frå 26,5 mrd. kroner til 36,2 mrd. kroner. Det var ein auke på 4,9 prosent frå 2020 til 2021 og ein auke på 30,3 prosent frå 2021 til 2022. Auken frå 2020 til 2021 kjem mellom anna av at ein større del av låneramma til Husbanken vart nytta til startlån, som i hovudsak vert raskare utbetalte enn andre lån. Det var òg ein auke i etterspurnaden etter bustadlån i SPK. Auken frå 2021 til 2022 kjem som følgje av gunstige rentevilkår i SPK samanlikna med marknaden elles. I tider med aukande rente vil renteendringar setjast i verk seinare i SPK enn i andre bankar. Utlånsrenta i SPK vil difor framstå gunstig i tider med aukande rente. Sjå òg kapittel 2.17, der detaljar kring utlåna frå Husbanken og bustadlånsordninga i SPK er nærare spesifiserte.

2.7 Arbeids- og inkluderingsdepartementet

Arbeids- og inkluderingsdepartementet har ansvaret for tre budsjettområde: programområde 09 Arbeid og sosiale føremål, programområde 29 Sosiale føremål, folketrygda og programområde 33 Arbeidsliv, folketrygda.

Programområde 09 Arbeid og sosiale føremål

(i mill. kroner)

Program-kategori

Rekneskap 2020

Rekneskap 2021

Budsjett 2022

Rekneskap 2022

09.00

Administrasjon

575,4

538,2

663,2

669,3

09.10

Administrasjon av arbeids- og velferdspolitikken

13 520,8

14 067,6

13 414,5

13 758,8

09.20

Tiltak for betra levekår m.m.

383,4

335,6

362,4

353,0

09.30

Arbeidsmarknad

8 967,8

10 199,4

9 721,2

10 209,4

09.40

Arbeidsmiljø og tryggleik

1 200,0

1 279,6

1 345,8

1 387,4

09.50

Pensjonar mv. under Statens pensjonskasse1)

5 225,3

9 728,8

10 459,7

10 540,1

09.60

Kontantytingar

3 315,6

3 578,8

3 906,8

3 921,1

09.70

Integrering og mangfald2)

10 210,9

9 017,2

14 579,7

13 150,6

Sum før lånetransaksjonar

43 399,0

48 745,2

54 453,2

53 989,5

Lånetransaksjonar1)

0,0

0,0

0,0

0,0

Sum Arbeid og sosiale føremål

43 399,0

48 745,2

54 453,2

53 989,5

Programområde 29 Sosiale føremål, folketrygda

29.20

Einslege forsørgjarar

2 514,6

2 449,3

2 351,0

2 373,0

29.50

Inntektssikring ved sjukdom, arbeidsavklaring og uførleik

180 416,2

187 999,3

198 796,0

200 003,9

29.60

Kompensasjon for meirutgifter ved nedsett funksjonsevne m.m.

10 019,8

10 524,3

10 917,9

10 994,3

29.70

Alderdom

241 253,9

256 906,0

272 330,0

272 358,3

29.80

Forsørgjartap m.m.

2 223,9

2 273,8

2 344,1

2 350,0

Sum før lånetransaksjonar

436 428,5

460 152,8

486 739,0

488 079,5

Lånetransaksjonar

0,0

0,0

0,0

0,0

Sum Sosiale føremål, folketrygda

436 428,5

460 152,8

486 739,0

488 079,5

Programområde 33 Arbeidsliv, folketrygda

33.30

Arbeidsliv

41 211,9

28 064,5

13 711,5

13 915,7

Sum før lånetransaksjonar

41 211,9

28 064,5

13 711,5

13 915,7

Lånetransaksjonar

0,0

0,0

0,0

0,0

Sum Arbeidsliv, folketrygda

41 211,9

28 064,5

13 711,5

13 915,7

Sum Arbeids- og inkluderingsdepartementet

521 039,4

536 962,5

554 903,7

555 984,7

1) Bustadlånsordninga og gruppelivs- og yrkesskadeforsikringa i Statens pensjonskasse er frå 2022 flytta frå programkategori 09.50 under Arbeids- og inkluderingsdepartementet til programkategori 13.00 under Kommunal- og distriktsdepartementet. Samanlikningstal for 2020 og 2021, inkludert lånetransaksjonar knytt til bustadlåna, er omklassifiserte tilsvarande.

2) Tidlegare programkategori 07.90 Integrering og mangfald under Kunnskapsdepartementet er frå 2022 flytta frå til programkategori 09.70 under Arbeids- og inkluderingsdepartementet. Samanlikningstal for 2020 og 2021 er tilsvarande omklassifiserte.

Programområde 09 Arbeid og sosiale føremål

Samla avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei mindreutgift på 463,7 mill. kroner. Overført løyving frå 2021 aukar disponibel løyving med 1 650,2 mill. kroner, frå 54 453,2 mill. kroner til 56 103,4 mill. kroner. Rekneskapen syner dermed ei mindreutgift på 2 113,9 mill. kroner samanlikna med disponibel løyving.

På programområdet er det netto meirinntekter på i alt 1,9 mill. kroner. Det er overført til saman 539,3 mill. kroner til 2023 på postar merkte «kan overførast» og vanlege driftspostar.

Sjå òg tabell 1.10 i vedlegg 1, der fleire detaljar om overføringar og meirinntekter på programområdet er spesifiserte.

Trenden i rekneskapen i perioden 2020–2022

På programområde 09 Arbeid og sosiale føremål har utgiftene før lånetransaksjonar auka nominelt med 10,6 mrd. kroner, frå 43,4 mrd. kroner til 54,0 mrd. kroner. Frå 2020 til 2021 auka utgiftene med 12,3 prosent, og frå 2021 til 2022 auka dei med 10,8 prosent.

Under programkategori 09.10 Administrasjon av arbeids- og velferdspolitikken har utgiftene auka med drygt 0,2 mrd. kroner, frå drygt 13,5 mrd. kroner til knapt 13,8 mrd. kroner. Frå 2020 til 2021 auka utgiftene med 4,0 prosent, og frå 2021 til 2022 minka dei med 2,2 prosent. Reduksjonen i utgiftene frå 2021 til 2022 kjem i hovudsak av at det i 2021 var ei stor mellombels styrking av driftsbudsjettet til Arbeids- og velferdsetaten i samband med koronapandemien.

Under programkategori 09.30 Arbeidsmarknad har utgiftene auka med drygt 1,2 mrd. kroner, frå knapt 9,0 mrd. kroner til 10,2 mrd. kroner. Frå 2020 til 2021 auka utgiftene med 13,7 prosent, og frå 2021 til 2022 auka dei med 0,1 prosent. Hovudgrunnen til auken i utgiftene frå 2020 til 2021 var auka løyving til tiltak for arbeidssøkarar og til varig tilrettelagt arbeid. Det har ikkje vore store endringar i utgiftene frå 2021 til 2022.

Under programkategori 09.40 Arbeidsmiljø og tryggleik har utgiftene auka med 0,2 mrd. kroner, frå 1,2 mrd. kroner til 1,4 mrd. kroner. Frå 2020 til 2021 auka utgiftene med 6,6 prosent, og frå 2021 til 2022 auka dei med 8,4 prosent. Auken frå 2020 til 2021 var knytt til Arbeidstilsynet sine aktivitetar kring smitteverntilsyn, og at Arbeidstilsynet fekk i oppdrag å etablere, drifte og følgje opp ei søknadsbasert godkjenningsordning for innkvartering som arbeids- og oppdragsgjevar stiller til disposisjon i karantenetida. Auken frå 2021 til 2022 er knytt til oppfølging av alvorlege hendingar i petroleumsnæringa og til oppretting av eit nytt arbeidslivskriminalitetssenter i Troms og Finnmark.

Under programkategori 09.50 Pensjonar m.m. under Statens pensjonskasse har utgiftene auka med 5,3 mrd. kroner, frå 5,2 mrd. kroner til 10,5 mrd. kroner. Frå 2020 til 2021 auka utgiftene med 86,2 prosent, og frå 2021 til 2022 auka dei med 8,3 prosent. Under programkategorien vert mellom anna statens netto pensjonsutbetalingar gjennom Statens pensjonskasse (SPK) utgiftsførte. Auka netto utgifter over perioden kjem av at pensjonsutbetalingane auka meir enn premieinntektene.

Under programkategori 09.60 Kontantytingar har utgiftene auka med 0,6 mrd. kroner, frå 3,3 mrd. kroner til 3,9 mrd. kroner. Frå 2020 til 2021 auka utgiftene med 7,9 prosent, og frå 2021 til 2022 auka dei med 9,6 prosent. Programkategorien omfattar statstilskot til avtalefesta pensjon (AFP) i privat sektor, krigspensjon, statstilskot til pensjonstrygda for sjømenn, statstilskot til pensjonstrygda for fiskarar og supplerande stønad til personar over 67 år. Auken over perioden kjem i hovudsak av at utgiftene til AFP har auka.

Under programkategori 09.70 Integrering og mangfald har utgiftene auka med drygt 2,9 mrd. kroner, frå 10,2 mrd. kroner til knapt 13,2 mrd. kroner. Frå 2020 til 2021 minka utgiftene med 11,7 prosent, og frå 2021 til 2022 auka dei med 45,8 prosent. Hovudårsaka til at utgiftene har auka er at fleire personar har utløyst integreringstilskot, særskilt tilskot ved busetjing av einslege mindreårige flyktningar og tilskot til norskopplæring, som følgje av innkomstar av fordrivne frå Ukraina.

Programområde 29 Sosiale føremål, folketrygda

Samla avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei meirutgift på 1 340,5 mill. kroner. Det var på programområdet inga overført løyving frå 2021, og disponibel løyving i 2022 var dermed 486 739,0 mill. kroner.

Det er ikkje meirinntekter knytte til programområdet, som stort sett inneheld overslagsløyvingar på tilskotspostar. Det er ingen overføring av unytta løyving frå 2022 til 2023.

Trenden i rekneskapen i perioden 2020–2022

På programområde 29 Sosiale føremål, folketrygda har utgiftene før lånetransaksjonar auka nominelt med 51,7 mrd. kroner, frå 436,4 mrd. kroner til 488,1 mrd. kroner. Frå 2020 til 2021 auka utgiftene med 5,4 prosent, og frå 2021 til 2022 auka dei med 6,1 prosent.

Under programkategori 29.20 Einslege forsørgjarar har utgiftene minka med drygt 0,1 mrd. kroner, frå 2,5 mrd. kroner til knapt 2,4 mrd. kroner. Frå 2020 til 2021 minka utgiftene med 2,6 prosent, og frå 2021 til 2022 minka dei med 3,1 prosent. Nedgangen i utgiftene har i hovudsak samanheng med færre mottakarar og lågare gjennomsnittleg utbetaling per mottakar.

Under programkategori 29.50 Inntektssikring ved sjukdom, arbeidsavklaring og uførleik har utgiftene auka med 19,6 mrd. kroner, frå 180,4 mrd. kroner til 200,0 mrd. kroner. Frå 2020 til 2021 auka utgiftene med 4,2 prosent, og frå 2021 til 2022 auka dei med 6,4 prosent.

Utgiftene til sjukepengar har sidan 2020 auka med 3,1 mrd. kroner, frå 50,4 mrd. kroner til 53,5 mrd. kroner. Utgiftene til arbeidsavklaringspengar er frå 2020 auka med 6,0 mrd. kroner, frå 30,6 mrd. kroner til 36,5 mrd. kroner. Utgiftene til uførleik har sidan 2020 auka med 10,5 mrd. kroner, frå 99,5 mrd. kroner til 110,0 mrd. kroner.

Frå 2021 til 2022 var det ein auke både i grunnlaget for sjukepengar for arbeidstakarar og i sysselsetjinga. Samstundes var det ein nedgang i tilbøyelegheita til sjukefråvær for arbeidstakarar. Dei mellombelse utvidingane i ordningane med sjukepengar og omsorgspengar som vart innførte som følgje av pandemien, har ført til ein tydeleg auke i utgiftene i perioden 2020–2022.

I gjennomsnitt for 2022 fekk om lag 137 000 personar arbeidsavklaringspengar mot om lag 131 000 og 120 000 mottakarar i 2021 og 2020. Dette utgjer ein auke i gjennomsnittleg tal på mottakarar på 4,9 prosent frå 2021 til 2022, og ein auke på 14,1 prosent frå 2020 til 2022. Auken i talet på mottakarar sidan 2020 må sjåast i samanheng med pandemien. I hovudsak kjem det av reduserte avgangar som følgje av dei mellombelse regelverksendringane med forlengd maksimal stønadstid, generelle forseinkingar i avklaringsløpa for alle mottakarar og ein vanskelegare arbeidsmarknad. I tillegg har fleire starta eit løp med arbeidsavklaringspengar. Mellombelse regelverksendringar med forlengd maksimal stønadstid i samband med endringane i regelverket frå 1. juli 2022, har òg ført til forlengd stønadstid. Fleire mottakarar har trekt utgiftene til arbeidsavklaringspengar opp frå 2021 til 2022.

Per desember 2022 var det i alt 364 400 mottakarar av uføretrygd. Det er ein auke på 6 800 uføretrygda frå 2020 då talet på uføretrygda var 357 600, og ein auke på 3 500 uføretrygda frå 2021 då talet på uføretrygda var 360 900. Fleire mottakarar har trekt utgiftene til uføretrygd opp i 2021 og 2022. Dei fleste som får innvilga uføretrygd har motteke arbeidsavklaringspengar. På grunn av dei ovanfor nemnte regelverksendringane i arbeidsavklaringspengar, har den årlege auken i talet uføretrygda i perioden 2020–2022 vore litt lågare enn tidlegare år.

Under programkategori 29.60 Kompensasjon for meirutgifter ved nedsett funksjonsevne m.m. har utgiftene auka med 1,0 mrd. kroner, frå 10,0 mrd. kroner til 11,0 mrd. kroner. Frå 2020 til 2021 auka utgiftene med 5,0 prosent, og frå 2021 til 2022 auka dei med 4,5 prosent.

Utgiftene til hjelpestønad, hjelpemiddel til betring av funksjonsevna, ortopediske hjelpemiddel og høyreapparat har auka frå 2020 til 2022. For grunnstønad, hjelpemiddel til arbeid og utdanning og stønad til bil var det ein nedgang frå 2020 til 2021, men ein auke frå 2021 til 2022. I 2020 var det ein generell nedgang i etterspurnaden etter hjelpemiddel på grunn av pandemien. Etterspurnaden har teke seg opp igjen. For stønad til bil har det vore leveranseproblem sidan 2021. Det er usikkert når desse leveranseproblema vert løyste.

Under programkategori 29.70 Alderdom har utgiftene auka med 31,1 mrd. kroner, frå 241,3 mrd. kroner til 272,4 mrd. kroner. Frå 2020 til 2021 auka utgiftene med 6,5 prosent, og frå 2021 til 2022 auka dei med 6,0 prosent.

Auken målt i fast grunnbeløp frå 2020 til 2021 var på 2,6 prosent, medan auken frå 2021 til 2022 var på 1,1 prosent. Grunnen til auken er i hovudsak at det vart fleire alderspensjonistar i aldersgruppa 67 år og over.

Frå 1. januar 2011 vart det høve til å starte uttak av alderspensjon frå 62 år. I 2020 var gjennomsnittleg tal på mottakarar mellom 62 og 66 år om lag 90 000, i 2021 var det om lag 87 000 og i 2022 var det om lag 84 000. Gjennomsnittleg tal på alderspensjonistar var om lag 981 000 i 2020,om lag 1 001 000 i 2021 og om lag 1 010 000 i 2022.1

Programområde 33 Arbeidsliv, folketrygda

Samla avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei meirutgift på 204,3 mill. kroner av ei samla løyving på 13,7 mrd. kroner. Det er ikkje meirinntekter knytte til programområdet, sidan det berre inneheld overslagsløyvingar på tilskotspostar.

Trenden i rekneskapen i perioden 2020–2022

På programområde 33 Arbeidsliv, folketrygda har utgiftene minka nominelt med 27,3 mrd. kroner, frå 41,2 mrd. kroner til 13,9 mrd. kroner. Frå 2020 til 2021 minka utgiftene med 31,9 prosent, og frå 2021 til 2022 minka dei med 50,4 prosent.

Endringa for programkategori 33.30 Arbeidsliv, folketrygda for 2022 kjem for det meste av at utgiftene til dagpengar har minka som følgje av færre dagpengemottakarar. Nedgangen i utgiftene kjem òg som følgje av lågare utgifter til kortvarige stønadsordningar for sjølvstendig næringsdrivande, frilansarar og læringar som vart avvikla i løpet av 2022.

Av omsyn til svært mange søknader og lang sakshandsamingstid, vart det våren 2020 innført ei ordning med forskotering av dagpengar. Utbetaling av forskot er utgiftsførte i statsrekneskapen (kap. 2541, post 71), medan tilbakebetalingar av slike er frå 2022 inntektsførte under kap. 5705, post 72. Ved utgangen av 2022 var det om lag 0,45 mrd. kroner uteståande i slike forskot, mot om lag 1,4 mrd. kroner året før.

2.8 Helse- og omsorgsdepartementet

Helse- og omsorgsdepartementet har ansvaret for to budsjettområde: programområde 10 Helse og omsorg og programområde 30 Helsetenester, folketrygda.

Programområde 10 Helse og omsorg

(i mill. kroner)

Program-kategori

Rekneskap 2020

Rekneskap 2021

Budsjett 2022

Rekneskap 2022

10.00

Helse- og omsorgsdepartementet m.m.

1 764,0

3 797,2

4 303,3

5 662,8

10.10

Folkehelse m.m.

978,0

3 907,6

4 540,4

4 050,8

10.30

Spesialisthelsetenester

172 577,4

187 292,1

189 582,2

189 641,7

10.40

Sentral helseforvalting

4 494,6

5 417,4

4 628,0

4 995,6

10.60

Helse- og omsorgstenester i kommunane

11 534,5

13 417,2

10 022,4

10 476,5

10.70

Tannhelse

323,0

359,1

455,7

431,0

10.80

Kunnskap og kompetanse

698,9

538,0

770,2

765,5

Sum før lånetransaksjonar

192 370,3

214 728,7

214 302,0

216 023,9

Lånetransaksjonar

0,0

0,0

0,0

0,0

Sum Helse og omsorg

192 370,3

214 728,7

214 302,0

216 023,9

Programområde 30 Helsetenester, folketrygda

30.10

Spesialisthelsetenester m.m.

5 598,6

6 236,9

6 563,0

6 548,4

30.50

Legehjelp, legemiddel m.m.

27 085,9

30 870,0

31 792,0

31 329,6

30.90

Andre helsetiltak

189,3

213,0

230,0

222,5

Sum før lånetransaksjonar

32 873,9

37 319,9

38 585,0

38 100,5

Lånetransaksjonar

0,0

0,0

0,0

0,0

Sum Helsetenester, folketrygda

32 873,9

37 319,9

38 585,0

38 100,5

Sum Helse- og omsorgsdepartementet

225 244,2

252 048,5

252 887,0

254 124,4

Programområde 10 Helse og omsorg

Samla avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei meirutgift på 1 721,9 mill. kroner. Overført løyving frå 2021 aukar disponibel løyving med 6 229,2 mill. kroner, frå 214 302,0 mill. kroner til 220 531,2 mill. kroner. Rekneskapen syner dermed ei mindreutgift på 4 507,4 mill. kroner samanlikna med disponibel løyving.

På programområdet er det netto meirinntekter på i alt 290,9 mill. kroner. Det er overført til saman 4 700,8 mill. kroner til 2023 på postar merkte «kan overførast» og vanlege driftspostar. Av overført beløp er 2 905 mill. kroner knytt til omsorgstenester og investeringstilskot til kommunane, jf. kap. 761. I tillegg er 251 mill. kroner overført frå tilskot til beredskapslagring legemidlar og smittevernutstyr jf. kap. 702. Av samla overføring er 957 mill. kroner knytt til vaksinar og vaksinasjon, jf. kap. 710. Sjå vedlegg 2 for detaljert oversyn på dei einskilde budsjettkapitla.

Sjå òg tabell 1.10 i vedlegg 1, der fleire detaljar om overføringar og meirinntekter på programområdet er spesifiserte.

Trenden i rekneskapen i perioden 2020–2022

På programområde 10 Helse og omsorg har utgiftene før lånetransaksjonar auka nominelt med 23,7 mrd. kroner, frå 192,4 mrd. kroner til 216,0 mrd. kroner. Frå 2020 til 2021 auka utgiftene med 11,6 prosent, og frå 2021 til 2022 auka dei med 0,6 prosent.

Under programkategori 10.00 Helse- og omsorgsdepartementet m.m. har utgiftene auka med 3,9 mrd. kroner, frå 1,8 mrd. kroner til 5,7 mrd. kroner. Frå 2020 til 2021 auka utgiftene med 115,3 prosent, og frå 2021 til 2022 auka dei med 49,1 prosent. Auken frå 2020 til 2021 er på 2,0 mrd. kroner. Auken er i hovudsak knytt til koronapandemien, mellom anna med om lag 1,6 mrd. kroner til legemidlar og utstyr til smittevern. Samstundes har utgiftene auka med 265 mill. kroner til å styrkje vaksinasjonsorganisasjonen CEPI, auka tilskot til Verdens helseorganisasjon (WHO) og auka utgifter til EU-kontingentar. Vidare er auken knytt til Steg 1 Digital samhandling og Felles kommunal journal. Desse hadde ei samla løyving på 295,5 mill. kroner. Auken frå 2021 til 2022 er på 1,9 mrd. kroner. Auken er i hovudsak knytt til koronapandemien, mellom anna med om lag 2,45 mrd. kroner til legemidlar, utstyr til smittevern og testutstyr. Samstundes vart løyvingane til forvalting og drift av nasjonale e-helse løysningar flytta tilbake til kommuneramma og sjukehusramma, kap. 571 og kap. 732, med 510 mill. kroner. Det var òg ein reduksjon på 159 mill. kroner knytt til arbeidet med Helseanalyseplattforma og 118 mill. kroner i reduserte inntekter frå helseføretaka til Direktoratet for e-helse. Utgifter til EU-kontingentar er auka med 30 mill. kroner, samstundes med ei nedgang på 219 mill. kroner for tilskot til CEPI og WHO.

Under programkategori 10.10 Folkehelse m.m. har utgiftene auka med 3,1 mrd. kroner, frå 1,0 mrd. kroner til 4,1 mrd. kroner. Frå 2020 til 2021 auka utgiftene med 300 prosent, og frå 2021 til 2022 auka dei med 3,7 prosent. Auken over treårsperioden er i hovudsak knytt til innkjøp av vaksinar mot covid-19 og vaksinasjon mot covid-19.

Under programkategori 10.30 Spesialisthelsetenester har utgiftene auka med knapt 17,1 mrd. kroner, frå knapt 172,6 mrd. kroner til drygt 189,6 mrd. kroner. Frå 2020 til 2021 auka utgiftene med 8,5 prosent, og frå 2021 til 2022 auka dei med 1,3 prosent. Endringa frå 2021 til 2022 kjem mellom anna av auka kostnader knytt til pasientbehandlinga i dei regionale helseføretaka. I tillegg har helseføretaka vorte kompenserte for ekstrakostnader knytt til pandemien.

Under programkategori 10.40 Sentral helseforvaltning har utgiftene auka med 0,5 mrd. kroner, frå 4,5 mrd. kroner til 5,0 mrd. kroner. Frå 2020 til 2021 auka utgiftene med 20,5 prosent, og frå 2021 til 2022 minka dei med 7,8 prosent. Folkehelseinstituttet vart samla løyvd 370 mill. kroner til mellom anna krisehandtering og drift av koronavaksinasjonsprogrammet i 2022. For Helsedirektoratet vart dei samla løyvingane til pandemitiltak reduserte med om lag 90 mill. kroner. Vidare var det ein sterk reduksjon i utgiftene til ordninga Gjesteinnbyggeroppgjør for fastleger. Legemiddelverket vart samla løyvd 45 mill. kroner grunna pandemien i 2021, og talet vart redusert til 34 mill. kroner i 2022. For Direktoratet for e-helse minka løyvinga med 17 mill. kroner knytt til standardisert språk.

Under programkategori 10.60 Helse- og omsorgstenester i kommunane har utgiftene minka med knapt 1,1 mrd. kroner, frå drygt 11,5 mrd. kroner til knapt 10,5 mrd. kroner. Frå 2020 til 2021 auka utgiftene med 16,3 prosent, og frå 2021 til 2022 minka dei med 21,9 prosent. Endringa i utgifter frå 2021 til 2022 kjem av fleire endringar i løyvinga. Særskilde årsaker som forklarer nedgangen er at løyvinga til forsøksordninga for statleg finansiering av eldreomsorga vart redusert med drygt 2,5 mrd. kroner i 2022 som følgje av avvikling av ordninga. Vidare var det fleire løyvingar i 2021 til ymse tiltak og tilskot knytt til koronapandemien som vart fasa ut eller redusert i 2022, mellom anna om lag 560 mill. kroner knytt til testing ved grenseovergangar og karantenehotell.

Under programkategori 10.70 Tannhelse har utgiftene auka med 0,1 mrd. kroner, frå 0,3 mrd. kroner til 0,4 mrd. kroner. Frå 2020 til 2021 auka utgiftene med 11,2 prosent, og frå 2021 til 2022 auka dei med 20,0 prosent. Auken frå 2021 til 2022 er i hovudsak knytt til ein auke i løyving til oppbygging av eit tilbod til personar med alvorleg angst for tannbehandling, tortur- og overgrepsofre og personar med odontofobi med 60 mill. kroner.

Under programkategori 10.80 Kunnskap og kompetanse har auka med 0,1 mrd. kroner, frå 0,7 mrd. kroner til 0,8 mrd. kroner. Frå 2020 til 2021 minka utgiftene med 23,0 prosent, og frå 2021 til 2022 auka dei med 42,3 prosent. Auken frå 2021 til 2022 er knytt til at kap. 780 Forsking, post 50 Noregs forskingsråd vart auka med 236 mill. kroner etter at løyvinga vart redusert i åra før, for å få ned avsetjingane i forskingsrådet.

Programområde 30 Helsetenester, folketrygda

Samla avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei mindreutgift på 484,5 mill. kroner av ei samla løyving på 38,6 mrd. kroner. Det er ikkje meirinntekter eller overføringar av unytta løyvingar knytte til programområdet, som berre inneheld løyvingar på tilskotspostar.

Trenden i rekneskapen i perioden 2020–2022

På programområde 30 Helsetenester, folketrygda har utgiftene auka nominelt med 5,2 mrd. kroner, frå 32,9 mrd. kroner til 38,1 mrd. kroner. Frå 2020 til 2021 auka utgiftene med 13,5 prosent, og frå 2021 til 2022 auka dei med 2,1 prosent.

Under programkategori 30.10 Spesialisthelsetenester m.m. har utgiftene auka med drygt 0,9 mrd. kroner, frå 5,6 mrd. kroner til drygt 6,5 mrd. kroner. Frå 2020 til 2021 auka utgiftene med 11,4 prosent, og frå 2021 til 2022 auka dei med 5,0 prosent. Auken frå 2020 til 2021 og frå 2021 til 2022 er knytt til eit oppsamla behov grunna låg aktivitet som følgje av pandemien.

Under programkategori 30.50 Legehjelp har utgiftene auka med drygt 4,2 mrd. kroner, frå 27,1 mrd. kroner til drygt 31,3 mrd. kroner. Frå 2020 til 2021 auka utgiftene med 14,0 prosent, og frå 2021 til 2022 auka dei med 1,5 prosent. Auken frå 2020 til 2021 er som følgje av årleg vekst i folketalet og eit oppsamla behov grunna auka legetenester på grunn av koronapandemien. Auken frå 2021 til 2022 syner òg auka utgifter på grunn av vekst i folketalet, legemiddel og til legetenester på grunn av pandemien.

Under programkategori 30.90 Andre helsetiltak har utgiftene auka med 33 mill. kroner, frå 189 mill. kroner til 223 mill. kroner. Frå 2020 til 2021 auka utgiftene med 12,5 prosent, og frå 2021 til 2022 auka dei med 4,5 prosent. Auken kjem i hovudsak av auka utgifter til reiser og opphald både i 2021 og 2022.

2.9 Barne- og familiedepartementet

Barne- og familiedepartementet har ansvaret for to budsjettområde: programområde 11 Barn og familie og programområde 28 Foreldrepengar, folketrygda.

Programområde 11 Barn og familie

(i mill. kroner)

Program-kategori

Rekneskap 2020

Rekneskap 2021

Budsjett 2022

Rekneskap 2022

11.00

Administrasjon

162,6

163,7

167,4

165,9

11.10

Familie og oppvekst

19 594,9

20 754,4

21 324,2

21 382,9

11.20

Barnevernet

9 173,0

9 356,7

8 504,4

8 625,2

11.30

Forbrukarpolitikk

241,1

311,4

269,9

270,1

11.50

Den norske kyrkja og andre trus- og livssynssamfunn

2 819,3

3 307,6

3 508,8

3 528,0

Sum før lånetransaksjonar

31 990,8

33 893,8

33 774,7

33 972,0

Lånetransaksjonar

0,0

0,0

0,0

0,0

Sum Barn og familie

31 990,8

33 893,8

33 774,7

33 972,0

Programområde 28 Foreldrepengar, folketrygda

28.50

Stønad ved fødsel og adopsjon

21 781,3

23 259,4

24 682,0

24 056,4

Sum før lånetransaksjonar

21 781,3

23 259,4

24 682,0

24 056,4

Lånetransaksjonar

0,0

0,0

0,0

0,0

Sum Foreldrepengar, folketrygda

21 781,3

23 259,4

24 682,0

24 056,4

Sum Barne- og familiedepartementet

53 772,1

57 153,2

58 456,7

58 028,4

Programområde 11 Barn og familie

Samla avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei meirutgift på 197,4 mill. kroner. Overført løyving frå 2021 aukar disponibel løyving med 362,6 mill. kroner, frå 33 774,7 mill. kroner til 34 137,3 mill. kroner. Rekneskapen syner dermed ei mindreutgift på 165,2 mill. kroner samanlikna med disponibel løyving.

På programområdet er det netto meirinntekter på i alt 16,6 mill. kroner. Det er overført til saman 203,3 mill. kroner til 2023 på postar merkte «kan overførast» og vanlege driftspostar.

Sjå òg tabell 1.10 i vedlegg 1, der fleire detaljar om overføringar og meirinntekter på programområdet er spesifiserte.

Trenden i rekneskapen i perioden 2020–2022

På programområde 11 Barn og familie har utgiftene før lånetransaksjonar auka nominelt med 2,0 mrd. kroner, frå 32,0 mrd. kroner til 34,0 mrd. kroner. Frå 2020 til 2021 auka utgiftene med 5,9 prosent, og frå 2021 til 2022 auka dei med 0,2 prosent.

Under programkategori 11.10 Familie og oppvekst har utgiftene auka med 1,8 mrd. kroner, frå 19,6 mrd. kroner til 21,4 mrd. kroner. Frå 2020 til 2021 auka utgiftene med 5,9 prosent, og frå 2021 til 2022 auka dei med 3,0 prosent. Det har i perioden vore ein auke i barnetrygd for barn under 6 år. I tillegg kjem mellom anna auka innsats for å inkludere barn og unge og til tiltak mot vald og overgrep.

Under programkategori 11.20 Barnevernet har utgiftene minka med drygt 0,5 mrd. kroner, frå knapt 9,2 mrd. kroner til drygt 8,6 mrd. kroner. Frå 2020 til 2021 auka utgiftene med 2,0 prosent, og frå 2021 til 2022 minka dei med 7,8 prosent. Hovudårsaka er at utgiftene til det statlege barnevernet har gått ned samla sett i perioden som følgje av lågare aktivitet.

Under programkategori 11.50 Den norske kyrkja og andre trus- og livssynssamfunn har utgiftene auka med 0,7 mrd. kroner, frå 2,8 mrd. kroner til 3,5 mrd. kroner. Frå 2020 til 2021 auka utgiftene med 17,3 prosent, og frå 2021 til 2022 auka dei med 6,7 prosent. Utgiftene har mellom anna auka grunna fleire medlemmer i trus- og livssynssamfunn. Auken frå 2020 til 2021 var større enn vanleg fordi det vart overført midlar frå kommunane til staten, som følgje av at tilskotsordninga til trus- og livssynssamfunn vart lagd om i 2021. Før 2021 fekk trus- og livssynssamfunn utanfor Den norske kyrkja om lag halvparten av tilskotet frå kommunane og halvparten frå staten. Frå 2021 vart desse tilskota samla til eitt statleg tilskot. Eit særskilt straumtilskot på 30 mill. kroner til Den norske kyrkja i 2022 bidrog òg til at det samla tilskotet til Den norske kyrkja (inkl. Sjømannskyrkja) hadde ein auke frå 2021 til 2022.

Programområde 28 Foreldrepengar, folketrygda

Samla avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei mindreutgift på 625,6 mill. kroner av ei samla løyving på 24,7 mrd. kroner. Det er ikkje meirinntekter eller overføringar av unytta løyvingar knytte til programområdet, som berre inneheld overslagsløyvingar på tilskotspostar.

Trenden i rekneskapen i perioden 2020–2022

Under programkategori 28.50 Stønad ved fødsel og adopsjon har utgiftene før lånetransaksjonar auka nominelt med 2,3 mrd. kroner, frå 21,8 mrd. kroner til 24,1 mrd. kroner. Frå 2020 til 2021 auka utgiftene med 6,8 prosent, og frå 2021 til 2022 auka dei med 3,4 prosent. Satsen til eingongsstønad ved fødsel og adopsjon har auka i perioden. I tillegg har det vore ein utgiftsvekst som mellom anna kjem av fleire mottakarar og høgare gjennomsnittleg utbetaling av foreldrepengar.

2.10 Nærings- og fiskeridepartementet

Nærings- og fiskeridepartementet har ansvaret for programområde 17 Nærings- og fiskeriføremål. I tillegg har departementet ansvar for programkategori 33.40 Arbeidsliv, folketrygda.

Programområde 17 Nærings- og fiskeriføremål

(i mill. kroner)

Program-kategori

Rekneskap 2020

Rekneskap 2021

Budsjett 2022

Rekneskap 2022

17.10

Forvaltning og rammevilkår

13 661,4

16 046,9

10 462,5

10 273,2

17.20

Forsking og innovasjon

13 623,9

10 459,1

8 359,4

9 004,6

17.30

Marknadsadgang og eksport

11 798,5

589,0

524,5

463,2

17.40

Statleg eigarskap2)

28 847,8

25 690,2

28 727,2

29 093,9

17.50

Kystforvaltning1)

2 758,7

2 535,3

3 055,8

3 022,9

Sum før lånetransaksjonar

70 690,4

55 320,6

51 129,4

51 857,8

Lånetransaksjonar

73 441,9

83 169,7

82 242,0

76 669,0

Sum Nærings- og fiskeriføremål

144 132,3

138 490,3

133 371,4

128 526,8

Programområde 33 Arbeidsliv, Folketrygda

33.40

Arbeidsliv

100,0

70,0

70,0

63,0

Sum før lånetransaksjonar

100,0

70,0

70,0

63,0

Lånetransaksjonar

0,0

0,0

0,0

0,0

Sum Arbeidsliv, Folketrygda

100,0

70,0

70,0

63,0

Sum Nærings- og fiskeridepartementet

144 232,3

138 560,3

133 441,4

128 589,8

1) Kystforvaltning er frå 2022 flytta til programkategori 17.50 under Nærings- og fiskeridepartementet frå programkategori 21.60 under Samferdselsdepartementet. Samanlikningstal for 2020 og 2021 er omklassifiserte tilsvarande.

2) Forvaltninga av Statens direkte økonomiske engasjement i petroleumsverksemda (SDØE)/Petoro er frå 2022 flytta frå programkategori 18.10 Petroleum under Olje- og energidepartementet til programkategori 17.50 Statleg eigarskap under Nærings- og fiskeridepartementet. Samanlikningstal for 2020 og 2021 er omklassifiserte tilsvarande.

Programområde 17 Nærings- og fiskeriføremål

Samla avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei meirutgift på 728,4 mill. kroner. Overført løyving frå 2021 aukar disponibel løyving med 2 457,9 mill. kroner, frå 51 129,4 mill. kroner til 53 587,3 mill. kroner. Rekneskapen syner dermed ei mindreutgift på 1 729,6 mill. kroner samanlikna med disponibel løyving.

På programområdet er det netto meirinntekter på i alt 59,1 mill. kroner. Det er overført til saman 1 665,4 mill. kroner til 2023 på postar merkte «kan overførast» og vanlege driftspostar.

Lånetransaksjonar syner ei mindreutgift på 5 573,0 mill. kroner.

Sjå òg tabell 1.10 i vedlegg 1, der fleire detaljar om overføringar og meirinntekter på programområdet er spesifiserte.

Trenden i rekneskapen i perioden 2020–2022

På programområde 17 Nærings- og fiskeriføremål har utgiftene før lånetransaksjonar minka nominelt med 18,8 mrd. kroner, frå 70,7 mrd. kroner til 51,9 mrd. kroner. Frå 2020 til 2021 minka utgiftene med 21,7 prosent, og frå 2021 til 2022 minka dei med 6,3 prosent.

Under programkategori 17.10 Forvaltning og rammevilkår har utgiftene minka med 3,4 mrd. kroner, frå 13,7 mrd. kroner til 10,3 mrd. kroner. Frå 2020 til 2021 auka utgiftene med 17,5 prosent, og frå 2021 til 2022 minka dei med 36,0 prosent. Hovudårsaka til auken frå 2020 til 2021 er ekstraordinære tilskot som følgje av pandemien, spesielt mellombels kompensasjonsordning for verksemder med stort fall i omsetning der det vart utbetalt meir enn 7,8 mrd. kroner i 20212. Hovudårsaka til reduksjonen frå 2021 til 2022 er at det berre vart utgiftsført 464 mill. kroner under denne ordninga i 2022. Likeins er det òg eit par andre mellombelse ordningar grunna pandemien der utbetalingane vart om lag 0,4 mrd. kroner lågare i 2022 enn i 2021. Utbetalingane under tilskotsordninga for sysselsetjing av sjøfolk vart om lag 0,3 mrd. kroner lågare i 2022 enn i 2021, medan tilskot til kommunar og fylkeskommunar for vederlag for nye oppdrettsløyve og vekst i eksisterande løyve vart om lag 2,1 mrd. kroner høgare i 2022 enn i 2021.

Under programkategori 17.20 Forsking og innovasjon har utgiftene minka med 4,6 mrd. kroner, frå 13,6 mrd. kroner til 9,0 mrd. kroner. Frå 2020 til 2021 minka utgiftene med 23,2 prosent, og frå 2021 til 2022 minka dei med 13,9 prosent. Hovudgrunnen til nedgangen frå 2020 til 2021 er ekstraordinære tiltak i møte med pandemien på Innovasjon Noreg og Noregs forskingsråd sine budsjett i 2020 som vart vidareførte i mindre omfang i 2021. Nedgangen frå 2021 til 2022 er knytt til at dei ekstraordinære tiltaka på Innovasjon Noreg sitt budsjett vart ytterlegare reduserte i 2022.

Under programkategori 17.30 Marknadsadgang og eksport har utgiftene minka med 11,3 mrd. kroner, frå 11,8 mrd. kroner til 0,5 mrd. kroner. Frå 2020 til 2021 minka utgiftene med 95,0 prosent, og frå 2021 til 2022 minka dei med 21,4 prosent. Det meste av reduksjonen frå 2020 til 2021 galdt løyvingar i 2020 på høvesvis 10 mrd. kroner til avsetjing for forventa tap for Garantiinstituttet for eksportkreditt si alminnelege garantiordning, og avsetjing til forventa tap for ny statleg garantiordning for re-forsikring av kredittforsikring på om lag 1,6 mrd. kroner. Reduksjonen frå 2021 til 2022 har mellom anna samanheng med mindre utbetalingar til eksportfremje i 2022 som følgje av at det har teke lang tid å omorganisere verksemda med avvikling av Eksportstrategirådet og etablering av Nasjonalt eksportråd.

Under programkategori 17.40 Statleg eigarskap har utgiftene auka med drygt 0,2 mrd. kroner, frå drygt 28,8 mrd. kroner til knapt 29,1 mrd. kroner. Frå 2020 til 2021 minka utgiftene med 10,9 prosent, og frå 2021 til 2022 auka dei med 13,2 prosent. Hovudgrunnen er variasjon i årlege investeringar for Statens direkte økonomiske engasjement i petroleumsverksemda (SDØE).

Under programkategori 17.50 Kystforvaltning har utgiftene auka med knapt 0,3 mrd. kroner, frå knapt 2,8 mrd. kroner til drygt 3,0 mrd. kroner. Frå 2020 til 2021 minka utgiftene med 8,1 prosent, og frå 2021 til 2022 auka dei med 19,2 prosent. Hovudårsaka til nedgangen frå 2020 til 2021 gjaldt større utstyrskjøp og vedlikehald, medan auken frå 2021 til 2022 i hovudsak kjem av auka aktivitet og investeringar etter pandemien.

Utgiftene under lånetransaksjonar auka med 9,7 mrd. kroner frå 2020 til 2021, og vart reduserte med 6,5 mrd. kroner frå 2021 til 2022. Auken frå 2020 til 2021 kjem hovudsakeleg av at utlån til Innovasjon Noreg auka med 13,4 mrd. kroner og lån under eksportkredittordninga auka med om lag 0,5 mrd. kroner, medan lån under trekkfullmakt til Eksportfinansiering Noreg (Eksfin) vart redusert med 5,8 mrd. kroner. Nedgangen frå 2021 til 2022 kjem av at lån til Innovasjon Noreg og eksportkredittordninga vart redusert med høvesvis 3,9 og 2,5 mrd. kroner, medan lån til Eksfin auka med om lag 4,7 mrd. kroner. Lån og eigenkapital til fleire selskap vart lågare i 2022 enn i 2021.

Sjå òg kapittel 2.17 der detaljar kring Innovasjon Noreg sine utlån og statleg eksportkredittordning er nærare spesifiserte.

Programområde 33 Arbeidsliv, folketrygda

Samla avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei mindreutgift på 7,0 mill. kroner. Det er ikkje meirinntekter eller overføringar av unytta løyvingar knytte til programområdet, som berre omfattar ein tilskotspost (overslagsløyving).

Trenden i rekneskapen i perioden 2020–2022

På programområde 33 Arbeidsliv, folketrygda har utgiftene minka med 37 mill. kroner, frå 100 mill. kroner til 63 mill. kroner. Frå 2020 til 2021 minka utgiftene med 30,0 prosent, og frå 2021 til 2022 minka dei med 10,0 prosent. Utgiftene gjeld arbeidsløysestønad til fiskarar og fangstmenn, og løyvinga er ei overslagsløyving. Stønaden vert finansiert innanfor det beløpet som fiskarar betaler i produktavgift ved fyrstehandsomsetjing av fisk og fiskevarer.

2.11 Landbruks- og matdepartementet

Programområde 15 Landbruk og mat

(i mill. kroner)

Program-kategori

Rekneskap 2020

Rekneskap 2021

Budsjett 2022

Rekneskap 2022

15.00

Administrasjon m.m.

210,2

204,5

188,9

192,5

15.10

Matpolitikk

1 495,7

1 544,0

1 618,1

1 617,6

15.20

Forsking, innovasjon og kunnskapsutvikling

865,8

866,5

852,2

860,0

15.30

Næringsutvikling, ressursforvaltning og miljøtiltak

18 037,2

18 304,9

24 257,1

22 798,6

Sum før lånetransaksjonar

20 608,9

20 919,9

26 916,3

25 468,8

Lånetransaksjonar

0,0

0,0

2 624,9

2 624,9

Sum Landbruks- og matdepartementet

20 608,9

20 919,9

29 541,2

28 093,7

Samla avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei mindreutgift på 1 447,5 mill. kroner. Overført løyving frå 2021 aukar disponibel løyving med 634,6 mill. kroner, frå 26 916,3 mill. kroner til 27 550,9 mill. kroner. Rekneskapen syner dermed ei mindreutgift på 2 082,1 mill. kroner samanlikna med disponibel løyving.

På programområdet er det netto meirinntekter på i alt 12,7 mill. kroner. Det er overført til saman 1 844,1 mill. kroner til 2023 på postar merkte «kan overførast» og vanlege driftspostar.

Sjå òg tabell 1.10 i vedlegg 1, der fleire detaljar om overføringar og meirinntekter på programområdet er spesifiserte.

Trenden i rekneskapen i perioden 2020–2022

På programområde 15 Landbruk og mat har utgiftene før lånetransaksjonar auka nominelt med 4,9 mrd. kroner, frå 20,6 mrd. kroner til 25,5 mrd. kroner. Frå 2020 til 2021 auka utgiftene med 1,5 prosent, og frå 2021 til 2022 auka dei med 21,7 prosent.

Under programkategori 15.10 Matpolitikk har utgiftene auka med 0,1 mrd. kroner, frå 1,5 mrd. kroner til 1,6 mrd. kroner. Frå 2020 til 2021 auka utgiftene med 3,2 prosent, og frå 2021 til 2022 auka dei med 4,8 prosent. Midlane har gått til kunnskapsutvikling og til drift av Mattilsynet, og til Mattilsynet si handtering av kjæledyr som fordrivne frå Ukraina har hatt med seg til Noreg.

Under programkategori 15.20 Forsking, innovasjon og kunnskapsutvikling har utgiftene minka med 6 mill. kroner, frå 866 mill. kroner til 860 mill. kroner. Frå 2020 til 2021 auka utgiftene med 0,1 prosent, og frå 2021 til 2022 minka dei med 0,7 prosent. Midlane har gått til forsking, innovasjon, basisløyvingar til primærnæringsinstitutta og kunnskapsutvikling.

Under programkategori 15.30 Næringsutvikling, ressursforvaltning og miljøtiltak har utgiftene auka med 4,8 mrd. kroner, frå 18,0 mrd. kroner til 22,8 mrd. kroner. Frå 2020 til 2021 auka utgiftene med 1,5 prosent, og frå 2021 til 2022 auka dei med 24,5 prosent. I 2022 gjeld om lag 20,9 mrd. kroner løyvingar til næringsavtalane for landbruk og reindrift. Resten av midlane er fordelte mellom driftsmidlar og midlar til ulike tilskotsordningar utanfor næringsavtalane. I 2022 vart utbetalingar til pelsdyrerstatningar, naturskadeerstatningar og straumstønad lågare enn budsjettert.

Utgiftene under lånetransaksjonar i 2022 heng saman Statskog SF sitt kjøp av aksjane i AS Meraker Brug. Kjøpet vart finansiert gjennom ein eigenkapitalauke på 2,35 mrd. kroner og eit lån frå staten på 300 mill. kroner. Sjå Prop. 6 S (2022–2023).

2.12 Samferdselsdepartementet

Samferdselsdepartementet har ansvaret for to budsjettområde: programområde 21 Innanlands transport og programområde 22 Posttenester.

Programområde 21 Innanlands transport1)

(i mill. kroner)

Program-kategori

Rekneskap 2020

Rekneskap 2021

Budsjett 2022

Rekneskap 2022

21.10

Administrasjon m.m.

445,4

440,5

489,3

447,3

21.20

Luftfartsføremål

6 410,0

5 486,2

1 235,2

1 281,4

21.30

Vegføremål

38 937,8

40 688,6

39 808,2

40 689,3

21.40

Særskilde transporttiltak

4 399,8

5 735,4

5 813,6

5 810,2

21.50

Jernbaneføremål

28 108,0

30 623,8

32 576,4

33 099,9

Sum før lånetransaksjonar

78 301,1

82 974,6

79 922,7

81 328,0

Lånetransaksjonar

0,0

200,1

7,2

7,2

Sum Innanlands transport

78 301,1

83 174,7

79 929,9

81 335,2

Programområde 22 Posttenester

22.10

Posttenester

689,7

760,3

945,6

945,6

Sum før lånetransaksjonar

689,7

760,3

945,6

945,6

Lånetransaksjonar

0,0

0,0

0,0

0,0

Sum Posttenester

689,7

760,3

945,6

945,6

Sum Samferdselsdepartementet

78 990,8

83 935,0

80 875,5

82 280,9

1) Programkategori 21.60 Kystforvaltning under Samferdselsdepartementet er frå 2022 flytta til programkategori 17.50 under Nærings- og fiskeridepartementet. Samanlikningstal for 2020 og 2021 er omklassifiserte tilsvarande.

Programområde 21 Innanlands transport

Samla avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei meirutgift på 1 405,3 mill. kroner. Overført løyving frå 2021 aukar disponibel løyving med 3 408,6 mill. kroner, frå 79 922,7 mill. kroner til 83 331,2 mill. kroner. Rekneskapen syner dermed ei mindreutgift på 2 003,2 mill. kroner samanlikna med disponibel løyving.

På programområdet er det netto meirinntekter på i alt 65,6 mill. kroner. Det er overført til saman 1 701,8 mill. kroner til 2023 på postar merkte «kan overførast» og vanlege driftspostar.

Dette er ein netto nedgang på 1 706,7 mill. kroner. Nedgangen i overføringane er hovudsakleg knytte til kapitla 1320 Statens vegvesen og 1352 Jernbanedirektoratet. Sjå vedlegg 2 for detaljert oversyn på dei einskilde budsjettkapitla.

Sjå òg tabell 1.10 i vedlegg 1, der fleire detaljar om overføringar og meirinntekter på programområdet er spesifiserte.

Trenden i rekneskapen i perioden 2020–2022

På programområde 21 Innanlands transport har utgiftene før lånetransaksjonar auka nominelt med 3,0 mrd. kroner, frå 78,3 mrd. kroner til 81,3 mrd. kroner. Frå 2020 til 2021 auka utgiftene med 6,0 prosent, og frå 2021 til 2022 minka dei med 2,0 prosent.

Under programkategori 21.10 Administrasjon m.m. har utgiftene auka med 2 mill. kroner, frå 445 mill. kroner til 447 mill. kroner. Frå 2020 til 2021 minka utgiftene med 1,1 prosent, og frå 2021 til 2022 auka dei med 1,5 prosent. Reduksjonen frå 2020 til 2021 gjaldt mellom anna lågare driftsutgifter i departementet på grunn av pandemien. Auken frå 2021 til 2022 gjeld mellom anna utgifter til ei ny tilskotsordning for pilotprosjekt for fossilfrie anleggsplassar.

Under programkategori 21.20 Luftfartsføremål har utgiftene minka med 5,1 mrd. kroner, frå 6,4 mrd. kroner til 1,3 mrd. kroner. Frå 2020 til 2021 minka utgiftene med 14,4 prosent, og frå 2021 til 2022 minka dei med 76,6 prosent. Reduksjonen i heile perioden kjem av at utgifter på grunn av koronapandemien vart fasa ut. Frå 2020 til 2021 gjaldt det utgifter til å oppretthalde eit minstetilbod av flyruter, og frå 2021 til 2022 gjaldt det i hovudsak tilskotet til Avinor AS.

Under programkategori 21.30 Vegføremål har utgiftene auka med 1,8 mrd. kroner, frå 38,9 mrd. kroner til 40,7 mrd. kroner. Frå 2020 til 2021 auka utgiftene med 4,5 prosent, og frå 2021 til 2022 var utgiftene om lag uendra. Frå 2020 til 2021 auka utgiftene til tilskot til å redusere bompengegjeld, bompengetakstar m.m., til tilskot til fylkesvegar som er viktige for fiske- og havbruksnæringane, og til drift og vedlikehald av riksvegar. Frå 2021 til 2022 auka tilskotet til riksvegferjetenester fordi ein gjekk over til å bruttobudsjettere desse utgiftene, slik at utgifter og inntekter vert førte kvar for seg. Utgiftene til tilskot til å redusere bompengegjeld, bompengetakstar m.m. gjekk i 2022 ned samanlikna med 2021.

Under programkategori 21.40 Særskilde transporttiltak har utgiftene auka med 1,4 mrd. kroner, frå 4,4 mrd. kroner til 5,8 mrd. kroner. Frå 2020 til 2021 auka utgiftene med 30,4 prosent, og frå 2021 til 2022 auka dei med 1,3 prosent. Auken frå 2020 til 2021 gjaldt i hovudsak tilskot til byområde og omfattar påskjøningsmidlar til bymiljøavtalar og byvekstavtalar og ulike tilskot til kollektivtransport og det særskilde tilskotet til store kollektivprosjekt. Det sistnemnde tilskotet auka òg frå 2021 til 2022.

Under programkategori 21.50 Jernbaneføremål har utgiftene auka med 5,0 mrd. kroner, frå 28,1 mrd. kroner til 33,1 mrd. kroner. Frå 2020 til 2021 auka utgiftene med 9,0 prosent, og frå 2021 til 2022 auka dei med 8,1 prosent. Den største auken i utgifter både frå 2020 til 2021 og frå 2021 til 2022 var utgifter til investeringar og planlegging av desse. I 2021 var det òg ei eingongsutgift i samband med at staten ved Samferdselsdepartementet tok over eigarskapen til Spordrift AS frå Bane NOR SF.

Programområde 22 Posttenester

Samla avvik mellom budsjett og rekneskap

Det er ikkje avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar i 2022. Overført løyving frå 2021 aukar disponibel løyving med 5,3 mill. kroner, frå 945,6 mill. kroner til 950,9 mill. kroner. Rekneskapen syner dermed ei mindreutgift på 5,3 mill. kroner samanlikna med disponibel løyving.

Programområdet omfattar berre ein tilskotspost. Det er overført til saman 5,3 mill. kroner til 2023 på denne posten som er merkt «kan overførast». Det er ikkje meirinntekter knytt til programområdet.

Trenden i rekneskapen i perioden 2020–2022

På programområde 22 Posttenester har utgiftene før lånetransaksjonar auka nominelt med 256 mill. kroner, frå 690 mill. kroner til 946 mill. kroner. Frå 2020 til 2021 auka utgiftene med 10,2 prosent, og frå 2021 til 2022 auka dei med 24,4 prosent. Auken i heile perioden gjeld auka utgifter til omdeling av post og distribusjon av avisar.

2.13 Klima- og miljødepartementet

Programområde 12 Klima og miljø

(i mill. kroner)

Program-kategori

Rekneskap 2020

Rekneskap 2021

Budsjett 2022

Rekneskap 2022

12.10

Fellesoppgåver, forsking, internasjonalt arbeid m.m.

2 391,9

2 347,5

2 363,3

2 371,3

12.20

Klima, naturmangfald og forureining

10 433,9

9 589,4

13 450,8

13 173,6

12.30

Kulturminne og kulturmiljø

847,9

847,7

793,9

803,3

12.60

Nord- og polarområda

508,7

498,5

473,7

518,9

12.70

Internasjonalt klimaarbeid

3 357,6

3 192,7

2 868,3

2 973,6

Sum før lånetransaksjonar

17 540,0

16 475,9

19 949,9

19 840,6

Lånetransaksjonar

0,0

0,0

0,0

0,0

Sum Klima- og miljødepartementet

17 540,0

16 475,9

19 949,9

19 840,6

Samla avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei mindreutgift på 109,3 mill. kroner. Overført løyving frå 2021 aukar disponibel løyving med 470,4 mill. kroner, frå 19 949,9 mill. kroner til 20 420,3 mill. kroner. Rekneskapen syner dermed ei mindreutgift på 579,7 mill. kroner samanlikna med disponibel løyving.

På programområdet er det netto meirinntekter på i alt 19,2 mill. kroner. Det er overført til saman 360,9 mill. kroner til 2023 på postar merkte «kan overførast» og vanlege driftspostar.

Sjå òg tabell 1.10 i vedlegg 1, der fleire detaljar om overføringar og meirinntekter på programområdet er spesifiserte.

Trenden i rekneskapen i perioden 2020–2022

På programområde 12 Klima og miljø har utgiftene før lånetransaksjonar auka nominelt med 2,3 mrd. kroner, frå 17,5 mrd. kroner til 19,8 mrd. kroner. Frå 2020 til 2021 minka utgiftene med 6,1 prosent, og frå 2021 til 2022 auka dei med 20,4 prosent.

Under programkategori 12.10 Fellesoppgåver, forsking, internasjonalt arbeid m.m. har utgiftene minka med 21 mill. kroner, frå 2 392 mill. kroner til 2 371 mill. kroner. Frå 2020 til 2021 minka utgiftene med 1,9 prosent, og frå 2021 til 2022 auka dei med 1,0 prosent. Endringane kjem som følgje av at normal aktivitet er gjenoppteken etter pandemien.

Under programkategori 12.20 Klima, naturmangfald og forureining har utgiftene auka med drygt 2,7 mrd. kroner, frå drygt 10,4 mrd. kroner til knapt 13,2 mrd. kroner. Frå 2020 til 2021 minka utgiftene med 8,1 prosent, og frå 2021 til 2022 auka dei med 37,4 prosent. Det meste av både reduksjonen i 2021 og auken i 2022 har å gjere med endringar i utbetaling av CO2-kompensasjon for industrien og overføringa til Klima- og energifondet. Hovudårsaka til auken i 2022 kjem av høgare utbetalingar til CO2-kompensasjonsordningen for industrien mellom anna som følgje av inkludering av eigenkraft i ordninga. Vidare auka overføringane til Klima- og energifondet som følgje av den mellombelse energitilskotsordninga til næringslivet i samband med høge straumprisar. Grøn omstillingspakke for næringslivet, medrekna støtte til utbygging av hurtigladarar og andre tiltak i regi av Enova, til dømes for hushaldningane, bidrog og til auka overføringar til Klima- og energifondet.

Under programkategori 12.30 Kulturminne og kulturmiljø har utgiftene minka med 45 mill. kroner, frå 848 mill. kroner til 803 mill. kroner. Frå 2020 til 2021 var utgiftene om lag uendra, og frå 2021 til 2022 minka dei med 5,2 prosent. Reduksjonen i 2022 har samanheng med at utgravinga av Gjellestadskipet vart ferdig i 2021 og at fleire prosjekt innanfor kulturminneforvaltning er tidkrevjande å gjennomføre.

Under programkategori 12.60 Nord- og polarområda har utgiftene auka med 10 mill. kroner, frå 509 mill. kroner til 519 mill. kroner. Frå 2020 til 2021 minka utgiftene med 2,0 prosent, og frå 2021 til 2022 auka dei med 4,1 prosent. Auken i 2022 kjem i hovudsak av ekstraordinære kostnader med etablering av nytt lossepunkt for forskingsstasjonen Troll i Antarktis. I tillegg har kostnadene generelt auka mykje på grunn av høgare prisvekst og da særleg på drivstoff til Troll.

Under programkategori 12.70 Internasjonalt klimaarbeid har utgiftene minka med 0,4 mrd. kroner, frå 3,4 mrd. kroner til 3,0 mrd. kroner. Frå 2020 til 2021 minka utgiftene med 4,9 prosent, og frå 2021 til 2022 minka dei med 6,9 prosent. Endringane frå 2021 til 2022 kjem av lågare utgifter til kjøp av klimakvotar med opphav i uvisse rundt planlegging av utbetalingar i ein marknad under Parisavtala som framleis ikkje er fullt utvikla.

2.14 Finansdepartementet

Programområde 23 Finansadministrasjon

(i mill. kroner)

Program-kategori

Rekneskap 2020

Rekneskap 2021

Budsjett 2022

Rekneskap 2022

23.10

Finansadministrasjon

1 752,6

1 932,8

1 942,5

1 976,0

23.20

Skatte-, avgifts- og tolladministrasjon

9 005,7

9 770,5

10 217,9

9 976,7

23.30

Offisiell statistikk

888,5

865,0

905,4

911,7

23.40

Andre føremål

54 868,2

38 579,1

41 645,6

42 208,7

Sum før lånetransaksjonar

66 514,9

51 147,4

54 711,3

55 073,1

Lånetransaksjonar

50 000,0

0,0

0,0

0,0

Sum Finansdepartementet

116 514,9

51 147,4

54 711,3

55 073,1

Samla avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei meirutgift på 361,7 mill. kroner. Overført løyving frå 2021 aukar disponibel løyving med 629,8 mill. kroner, frå 54 711,3 mill. kroner til 55 341,1 mill. kroner. Rekneskapen syner dermed ei mindreutgift på 268,0 mill. kroner samanlikna med disponibel løyving.

På programområdet er det netto meirinntekter på i alt 58,5 mill. kroner. Det er overført til saman 862,4 mill. kroner til 2023 på postar merkte «kan overførast» og vanlege driftspostar.

Sjå òg tabell 1.10 i vedlegg 1, der fleire detaljar om overføringar og meirinntekter på programområdet er spesifiserte.

Trenden i rekneskapen i perioden 2020–2022

På programområde 23 Finansadministrasjon har utgiftene før lånetransaksjonar minka nominelt med 11,4 mrd. kroner, frå 66,5 mrd. kroner til 55,1 mrd. kroner. Frå 2020 til 2021 minka utgiftene med 23,1 prosent, og frå 2021 til 2022 auka dei med 7,7 prosent.

Under programkategori 23.10 Finansadministrasjon har utgiftene auka med drygt 0,2 mrd. kroner, frå knapt 1,8 mrd. kroner til knapt 2,0 mrd. kroner. Frå 2020 til 2021 auka utgiftene med 10,3 prosent, og frå 2021 til 2022 auka dei med 2,2 prosent. Som følgje av fleire kundar stod Direktoratet for forvaltning og økonomistyring for størstedelen av samla auke frå 2020 til 2022.

Under programkategori 23.20 Skatte-, avgifts- og tolladministrasjon har utgiftene auka med 1,0 mrd. kroner, frå 9,0 mrd. kroner til 10,0 mrd. kroner. Frå 2020 til 2021 auka utgiftene med 8,5 prosent, og frå 2021 til 2022 auka dei med 2,1 prosent. Tolletatens utgifter auka reelt litt i perioden. I Skatteetaten auka aktiviteten i perioden med 11,7 prosent, mellom anna fordi etaten 1. november 2020 tok over skatteoppkrevjarfunksjonen frå kommunane og som følgje av ekstrabelastningar som følgje av pandemien. I tillegg fekk Skatteetaten over eit kapittel under programkategori 23.40 Andre føremål dekt ekstra driftsutgifter med 366 mill. kroner til å administrere ymse tilskotsordningar i pandemiperioden.

Under programkategori 23.30 Offisiell statistikk har utgiftene auka med 23 mill. kroner, frå 889 mill. kroner til 912 mill. kroner. Frå 2020 til 2021 minka utgiftene med 2,6 prosent, og frå 2021 til 2022 auka dei med 5,4 prosent. Reduksjonen i 2021 gjaldt særleg marknadsoppdraget (post 21 Spesielle driftsutgifter) og hadde si årsak i lågare etterspurnad under pandemien.

Under programkategori 23.40 Andre føremål har utgiftene minka med 12,7 mrd. kroner, frå 54,9 mrd. kroner til 42,2 mrd. kroner. Frå 2020 til 2021 minka utgiftene med 29,7 prosent, og frå 2021 til 2022 auka dei med 9,4 prosent. Dei største utgiftene under kategorien gjeld dei regelstyrte ordningane med kompensasjon for meirverdiavgift og nettoføring av statleg meirverdiavgift. Samla utgifter til desse ordningane var i 2020 vel 37,3 mrd. kroner og i 2022 nærmare 41,1 mrd. kroner.

Det meste av auken under denne kategorien i 2020 og reduksjonen i 2021 gjaldt kompensasjonar i samband med koronapandemien. I åra 2020–2022 vart det nytta om lag 8,5 mrd. kroner som tilskot til verksemder med rett til tilskot og som stønad for å ta permitterte tilbake i jobb. Det vart òg sett av 10 mrd. kroner til å dekkje delar av moglege tap i samband med ei garantiordning for lån til små og mellomstore føretak med akutt mangel på likviditet som følgje av pandemien. Samla utbetalingar i åra 2020–2022 som følgje av tap var om lag 278 mill. kroner. Det er Eksportfinansiering Noreg som forvaltar garantiordninga og sett opp rekneskap for midlane, som i kapitalrekneskapen er førte opp med 9,722 mrd. kroner på høvesvis konto 641602 og 811602 ved utgangen av 2022.

Under lånetransaksjonar vart det i 2020 rekneskapsført 50 mrd. kroner som kapitalinnskot i Statens obligasjonsfond. Dette fondet verka under finanskrisa i 2009 og nokre år deretter. Fondet vart oppretta på ny i 2020 for å medverke til betre likviditet og meir kapital i den norske obligasjonsmarknaden.

2.15 Forsvarsdepartementet

Programområde 04 Militært forsvar

(i mill. kroner)

Program-kategori

Rekneskap 2020

Rekneskap 2021

Budsjett 2022

Rekneskap 2022

04.10

Militært forsvar m.m.

61 850,7

67 590,5

79 562,1

78 493,0

Sum før lånetransaksjonar

61 850,7

67 590,5

79 562,1

78 493,0

Lånetransaksjonar

0,0

0,0

0,0

0,0

Sum 04 Forsvarsdepartementet

61 850,7

67 590,5

79 562,1

78 493,0

Samla avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei mindreutgift på 1 069,1 mill. kroner. Overført løyving frå 2021 aukar disponibel løyving med 1 356,1 mill. kroner, frå 79 562,1 mill. kroner til 80 918,2 mill. kroner. Rekneskapen syner dermed ei mindreutgift på 2 425,3 mill. kroner samanlikna med disponibel løyving.

På programområdet er det netto meirinntekter på i alt 690,0 mill. kroner. Det er overført til saman 3 082,8 mill. kroner til 2023 på postar merkte «kan overførast» og vanlege driftspostar.

Sjå òg tabell 1.10 i vedlegg 1, der fleire detaljar om overføringar og meirinntekter på programområdet er spesifiserte.

Trenden i rekneskapen i perioden 2020–2022

På programområde 04 Militært forsvar har utgiftene før lånetransaksjonar auka nominelt med 16,6 mrd. kroner, frå 61,9 mrd. kroner til 78,5 mrd. kroner. Frå 2020 til 2021 auka utgiftene med 9,3 prosent, og frå 2021 til 2022 auka dei med 16,1 prosent.

Driftsutgiftene auka med 12,3 mrd. kroner, frå 40,7 mrd. kroner i 2020 til 52,9 mrd. kroner i 2022. Frå 2020 til 2021 auka utgiftene med 8,3 prosent, og frå 2021 til 2022 auka dei med 20,2 prosent. Auken frå 2020 til 2022 er i tråd med langtidsplanen for forsvarssektoren.

Utgifter til investeringar i materiell auka med 27,9 prosent, frå 16,3 mrd. kroner i 2020 til 20,8 mrd. kroner i 2022. Auken frå 2020 til 2022 er i stor grad knytte til styrkingar i tråd med langtidsplanen for forsvarssektoren.

Utgifter til nasjonalfinansierte og NATO fellesfinansierte investeringar i eigedom, bygg og anlegg hadde ein reduksjon på 22,3 prosent, frå 4,1 mrd. kroner i 2020 til 3,2 mrd. kroner i 2022.

2.16 Olje- og energidepartementet

Programområde 18 Olje- og energiføremål

(i mill. kroner)

Program-kategori

Rekneskap 2020

Rekneskap 2021

Budsjett 2022

Rekneskap 2022

18.00

Administrasjon

286,5

245,4

267,8

258,6

18.10

Petroleum1)

507,3

439,4

497,4

486,9

18.20

Energi- og vassressursar

1 071,0

1 213,7

34 371,1

27 693,1

18.30

Forsking og næringsutvikling

1 088,8

955,6

970,5

970,6

18.40

CO2-handtering

684,4

2 480,6

3 826,0

3 816,2

Sum før lånetransaksjonar

3 638,0

5 334,7

39 932,7

33 225,3

Lånetransaksjonar

0,0

0,0

0,0

0,0

Sum Olje- og energidepartementet

3 638,0

5 334,7

39 932,7

33 225,3

1) Forvaltninga av Statens direkte økonomiske engasjement i petroleumsverksemda (SDØE)/Petoro er frå 2022 flytta frå programkategori 18.10 Petroleum til programkategori 17.50 Statleg eigarskap under Nærings- og fiskeridepartementet. Samanlikningstal for 2020 og 2021 er omklassifiserte tilsvarande.

Samla avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei mindreutgift på 6 707,4 mill. kroner. Overført løyving frå 2021 aukar disponibel løyving med 541,5 mill. kroner, frå 39 932,7 mill. kroner til 40 474,3 mill. kroner. Rekneskapen syner dermed ei mindreutgift på 7 248,9 mill. kroner samanlikna med disponibel løyving.

På programområdet er det netto meirinntekter på i alt 7,5 mill. kroner. Det er overført til saman 416,2 mill. kroner til 2023 på postar merkte «kan overførast» og vanlege driftspostar.

Sjå òg tabell 1.10 i vedlegg 1, der fleire detaljar om overføringar og meirinntekter på programområdet er spesifiserte.

Trenden i rekneskapen i perioden 2020–2022

På programområde 18 Olje- og energiføremål har utgiftene før lånetransaksjonar auka nominelt med 29,6 mrd. kroner, frå 3,6 mrd. kroner til 33,2 mrd. kroner. Frå 2020 til 2021 auka utgiftene med 46,6 prosent, og frå 2021 til 2022 auka dei med 522,8 prosent. Endringane heng for det meste saman med stønad til hushaldningane for ekstraordinære straumutgifter under programkategori 18.20 Energi- og vassressursar og tilskot til Langskip – fangst og lagring av CO2 under programkategori 18.40 CO2-handtering.

Under programkategori 18.00 Administrasjon har utgiftene minka med 28 mill. kroner, frå 287 mill. kroner til 259 mill. kroner. Frå 2020 til 2021 minka utgiftene med 14,3 prosent, og frå 2021 til 2022 auka dei med 5,4 prosent. Hovudgrunnen til endringane er variasjon i departementet sine årlege utgifter til mellom anna oppfølging av CO2-handteringsprosjekt, havvind og utval og utgreiingar.

Under programkategori 18.10 Petroleum har utgiftene minka med 20 mill. kroner, frå 507 mill. kroner til 487 mill. kroner. Frå 2020 til 2021 minka utgiftene med 13,4 prosent, og frå 2021 til 2022 auka dei med 10,8 prosent. Hovudgrunnen er variasjon i Oljedirektoratet sine årlege utgifter til mellom anna kartlegging av mineral på havbotn, havvind og oppdrags- og samarbeidsverksemd.

Under programkategori 18.20 Energi og vassressursar har utgiftene auka med 26,6 mrd. kroner, frå 1,1 mrd. kroner til 27,7 mrd. kroner. Frå 2020 til 2021 auka utgiftene med 13,3 prosent, og frå 2021 til 2022 auka dei med 2 182 prosent. Hovudgrunnen til den store auken er innføring av stønadsordning for ekstraordinære straumutgifter frå desember 2021. I tillegg har det vore variasjonar i årlege utgifter for Noregs vassdrags- og energidirektorat si verksemd mellom anna innanfor flaum- og skredførebygging, jf. krise- og hastetiltak som følgje av kvikkleireskredet i Gjerdrum.

Under programkategori 18.30 Forsking og næringsutvikling har minka med 0,1 mrd. kroner, frå 1,1 mrd. kroner til 1,0 mrd. kroner. Frå 2020 til 2021 minka utgiftene med 12,2 prosent, og frå 2021 til 2022 auka dei med 1,6 prosent. Hovudgrunnen til endringa er auka løyvingar til Noregs forskingsråd og NORWEP i 2020 i samband med økonomiske tiltak i møte med pandemien, og at nivået på utgiftene i 2020 difor var høgare enn vanleg.

Under programkategori 18.40 CO2-handtering har utgiftene auka med 3,1 mrd. kroner, frå 0,7 mrd. kroner til 3,8 mrd. kroner. Frå 2020 til 2021 auka utgiftene med 262,5 prosent, og frå 2021 til 2022 auka dei med 53,8 prosent. Endringane kjem av variasjonar i utgifter til fullskalaprosjekta i Langskip – fangst og lagring av CO2 som avheng av framdrifta til prosjektet.

2.17 Statlege utlån

Dette avsnittet gjev eit oversyn over hovudtal frå rekneskapen til statlege verksemder som forvaltar statlege utlån. Detaljar kring utlåna er baserte på opplysningar frå departementa.

Husbanken, Lånekassa og Statens pensjonskasse er ordinære statlege forvaltningsorgan. På vegner av staten forvaltar dei statlege utlån etter reglar og føresetnader fastsette av Stortinget.3 Innovasjon Noreg forvaltar statlege utlån til næringslivet over heile landet og gjev ulike typar lån med høg eller låg risiko. Eksportfinansieringsordninga gjennom Eksportkreditt Noreg AS er omtalt til slutt i avsnittet.

Husbanken

Tabellen nedanfor syner hovudtal i statsrekneskapen for Husbankens utlån:

Balanse 31. desember (tal i mill. kroner)

Konto/referanse

2020

2021

2022

Inngåande behaldning

Konto 63000501

153 760

159 094

163 261

Utlån i året

Kap. 2412 / 90

18 585

19 360

20 356

Tilbakebetalingar i året

Kap. 5312 / 90

-13 251

-15 192

-14 368

Utgåande behaldning

Konto 63000501

159 094

163 261

169 249

Renteinntekter

Kap. 5615 / 80

3 045

2 019

2 014

I 2022 disponerte Husbanken heile låneramma på 21 mrd. kroner.

Samla uteståande lån i Husbanken, medrekna opptente, ikkje betalte renter, var på 169,2 mrd. kroner ved utgangen av 2022. Det er om lag 6 mrd. kroner meir enn året før. Av låna var 52,2 mrd. kroner fastrentelån, 0,1 mrd. kroner var lån med særvilkår og 116,4 mrd. kroner var lån med flytande rente. Opptente, ikkje betalte renter utgjorde om lag 0,5 mrd. kroner. Netto underkurs på fastrentelåna er av Husbanken rekna til om lag 4,1 mrd. kroner per 31.12.2022, medan det i fjor var ein netto overkurs på om lag 0,4 mrd. kroner.

Husbanken hadde om lag 30 300 registrerte låntakarar (dellån) ved utgangen av 2022. Om lag 5 300 hadde lån med fast rente, 24 600 hadde lån med flytande rente, medan dei resterande om lag 400 låntakarane hadde lån på særvilkår. Av utlåna utgjorde lån til burettslag, stiftingar og liknande 33 prosent, lån til kommunar 55 prosent og lån til personlege låntakarar 12 prosent. Tap på utlån i Husbanken (kap. 2412, post 71) utgjorde 8 mill. kroner i 2022 mot 25,7 mill. kroner i 2021 og 30,6 mill. kroner i 2020

Sjå òg omtale av Husbanken under kapittel 2.6 Kommunal- og distriktsdepartementet.

Statens lånekasse for utdanning

Tabellen nedanfor syner hovudtal i statsrekneskapen for utlån frå Lånekassa:

Balanse 31. desember (tal i mill. kroner)

Konto/referanse

2020

2021

2022

Inngåande behaldning

Konto 63000201

194 569

208 900

224 658

Utlån i året

Kap. 2410/90

32 656

34 886

34 993

Tilbakebetalingar i året1)

Kap. 5310/90

-11 297

-11 925

-12 082

Konvertering til stipend

Kap. 5310/93

-7 028

-7 202

-7 871

Utgåande behaldning

Konto 63000201

208 900

224 658

239 698

Renteinntekter2)

Kap. 5617 / 80

4 601

3 261

4 291

1) Tap og avskrivingar løyvde over kap. 2410, postane 73 og 74 høyrer saman med ordinære tilbakebetalingar på post 90. Avskrivingar på post 73 utgjorde 813 mill. kroner i 2022, 844 mill. kroner i 2021 og 868 mill. kroner i 2020. Tapa på post 74 er nærare spesifiserte i teksten nedanfor.

2) Renteinntekter inneheld òg rentestønad som i 2022 vart utgiftsført med 1 106 mill. kroner på kap. 2410, post 72. Rentestønaden var 824 mill. kroner i 2021 og 1 204 mill. kroner i 2020.

Samla uteståande krav i Statens lånekasse for utdanning var 239,7 mrd. kroner ved utgangen av 2022, ein auke på 15,0 mrd. kroner frå året før. I tillegg til sjølve utdanningslåna omfattar summen òg rente- og gebyrgjeld. 70 mrd. kroner av utdanningslåna er ikkje renteberande. Lån med fast rente utgjer 5,3 mrd. kroner, medan lån med flytande rente utgjer 162,1 mrd. kroner. Med i desse tala er òg ikkje betalte gebyr på 87,6 mill. kroner. Netto underkurs per 31.12.2022 på fastrentelåna er av Lånekassa rekna til 375 mill. kroner, medan det i fjor var ein netto underkurs på 60 mill. kroner.

Lånekassa har om lag 1 014 100 registrerte låntakarar ved utgangen av 2022. Av dei har om lag 241 000 ikkje renteberande lån (kundar i tildelingsfasen), medan om lag 20 700 har lån med fast rente. Resten av låntakarane har lån med flytande rente.

Lånekassa inntektsførte i 2022 renter med 4,3 mrd. kroner på kap. 5617, post 80 i statsrekneskapen. Tilsvarande tal for 2021 og 2020 var høvesvis 3,3 og 4,6 mrd. kroner. Det vart utgiftsført 281 mill. kroner i tap på utlån i 2022 medan tapa i 2021 og 2020 var høvesvis 373 og 534 mill. kroner.

Sjå òg omtale av Lånekassa under kapittel 2.3 Kunnskapsdepartement.

Konverteringsordninga i Lånekassa

Lånekassa betaler ut heile basisstønaden som lån for dei som er omfatta av stønadsordninga for høgare utdanning m.m. Opp til 40 prosent av stønadsbeløpet kan konverterast til stipend når stønadsmottakaren har gjennomført utdanninga og oppnådd ein grad. I statsbudsjetta vert det kvart år løyvd midlar til å dekkje framtidig konvertering frå lån til stipend gjennom ei avsetjing til konverteringsfondet. Denne løyvinga går over kap. 2410, post 50. Kap. 5310, post 93 i rekneskapen syner nettobeløpet av lån som vert ettergjevne og trekte frå konverteringsfondet.

Utgiftene til andre stipend under Lånekassa kjem fram på kap. 2410, postane 70 og 71. For å få oversyn over samla netto utgifter til stipend, må lån som er konverterte til stipend, leggjast til stipendutgiftene. Denne summen kjem fram om ein ser kap. 2410, postane 70 og 71 og kap. 5310, post 93 i samanheng.

Bustadlånsordninga i Statens pensjonskasse (SPK)

Tabellen nedanfor syner hovudtal i statsrekneskapen for utlån frå bustadlånsordninga i SPK:

Balanse 31. desember (tal i mill. kroner)

Konto/referanse1)

2020

2021

2022

Inngåande behaldning

Konto 63510501

45 703

39 406

38 053

Utlån i året

Kap. 0505 / 90

7 156

8 411

15 250

Tilbakebetalingar i året

Kap. 3505 / 90

-13 453

-9 764

-7 985

Utgåande behaldning

Konto 63510501

39 406

38 053

45 317

Renteinntekter

Kap. 5607 / 80

943

549

723

1) For åra før 2022 vart lånetransaksjonar under bustadlånsordninga budsjetterte på kap. 0614 og kap. 3614 under dåverande Arbeids- og sosialdepartementet. Konto i kapitalrekneskapen er i 2022 endra frå 63510601 til 63510501.

Samla uteståande krav i bustadlånsordninga i Statens pensjonskasse var på 45,3 mrd. kroner ved utgangen av 2022. Det er om lag 7,3 mrd. kroner meir enn året før. Ved utgangen av 2022 var det om lag 39 200 lån i ordninga, mot 36 600 året før.

Statens pensjonskasse inntektsførte i 2022 renter med 723 mill. kroner på kap. 5607, post 80. Tilsvarande tal for 2021 og 2020 var høvesvis 549 mill. kroner og 943 mill. kroner. Bustadlånsordninga i Statens pensjonskasse tilbyd berre lån med flytande rente.

Netto tap på utlån, inkludert innbetalingar på tidlegare avskrivne tap, utgjorde i 2022 ei inntektsføring på knapt 0,1 mill. kroner. Det er om lag same nivået som i 2021.

Det var ei meirutgift på Statens pensjonskasses kap. 0505, post 90 på 550 mill. kroner. Årsaka var fyrst og fremst at det vart utbetalt fleire lån, men òg at gjennomsnittleg utbetalt beløp per lån var noko høgare enn anslege i budsjettet. Som forklart under lånetransaksjonar i kapittel 2.6 Kommunal- og distriktsdepartementet aukar etterspurnaden etter bustadlån i SPK i tider med renteauke. Statens pensjonskasse hadde dessutan ei meirinntekt på kap. 3505, post 90 på 585 mill. kroner. Det vart innfridd fleire lån enn venta i siste del av året. Dette kjem av ein auke i opplåning frå eksisterande lånekundar som følgje av betre rentevilkår i SPK samanlikna med marknaden elles. Ved opplåning vert eit nytt lån oppretta, medan det gamle lånet vert innfridd.

Sjå òg omtale av bustadlånsordninga i SPK under kapittel 2.6 Kommunal- og distriktsdepartementet.

Innovasjon Noreg

Tabellen nedanfor syner hovudtal i statsrekneskapen for Innovasjon Noreg sine innlån frå statskassa. I tillegg til innlån frå statskassa nyttar Innovasjon Noreg eigenkapital til å finansiere utlån. Det er difor ikkje ein heilt eintydig samanheng mellom selskapet sine innlån frå statskassa og utlån til lånetakarar.

Balanse 31. desember (tal i mill. kroner)

Konto/referanse

2020

2021

2022

Inngåande behaldning

Konto 63000901

18 942

18 468

18 150

Netto endring

-475

-318

-157

Utgåande behaldning

Konto 63000901

18 468

18 150

17 993

Renteinntekter

Kap. 5625 / 80

132

41

170

Innovasjon Noreg sine samla innlån frå statskassa, som er aktiverte i kapitalrekneskapen som statens utlån, utgjorde 18,0 mrd. kroner per 31.12.2022. Av dette utgjorde ordinære innlån 17,6 mrd. kroner, lån til pakkereisearrangørar 0,1 mrd. kroner og lån til investeringsfond 0,3 mrd. kroner.

Innovasjon Noreg sine samla netto utlån per 31.12.2022 utgjorde 18,4 mrd. kroner etter tapsavsetjingar på 0,9 mrd. kroner. Det er ein nedgang på 0,3 mrd. kroner, frå 18,7 mrd. kroner per 31.12.2021. Brutto utlån (før tapsavsetjing) fordelte seg med 13,4 mrd. kroner til lågrisikolån (4 654 lån), 5,7 mrd. kroner til innovasjons- og risikolån (2 549 lån)4 og 0,1 mrd. kroner til andre utlån5.

Det vart inntektsført 170 mill. kroner i renter frå Innovasjon Noreg på kap. 5625, post 80 i statsrekneskapen 2022. Tilsvarande tal for 2021 og 2020 var høvesvis 41 mill. kroner og 132 mill. kroner.

Brutto bokført tap på utlån og garantiar i 2022 utgjer 283 mill. kroner, mot 114 mill. kroner i 2021. Rekneskapen til Innovasjon Noreg for 2022 syner eit netto utlånstap på -2,2 mill. kroner, mot -7,8 mill. kroner i 2021.

Statleg eksportfinansieringsordning

Den statlege eksportfinansieringsordninga vart handsama av Eksportkreditt Noreg AS fram til utgangen av fyrste halvår 2021. Då vart selskapet slege saman med Garantiinstituttet for Eksportkreditt til det nye statlege forvaltningsføretaket Eksportfinansiering Noreg (Eksfin). Tabellen nedanfor syner hovudtal i statsrekneskapen for den statlege eksportfinansieringsordninga:

Balanse 31. desember (tal i mill. kroner)

Konto/referanse

2020

2021

2022

Inngåande behaldning

Konto 63510901

65 039

51 269

46 101

Utlån i året

Kap. 2429, post 90

5 563

6 104

3 637

Tilbakebetalingar i året

Kap. 5329, post 90

-19 377

-11 822

-16 878

Omrekning til valutakurs balansedagen1)

43

551

2 264

Utgåande behaldning

Konto 63510901

51 269

46 101

35 124

Renteinntekter

Kap. 5629 / 80

1 592

901

811

1) Lån i utanlandsk valuta under eksportkredittordninga vert omrekna til kursen på balansedagen. Beløpet for 2022 består av 2 263 mill. kroner i valutajustering og andre korrigeringar og i underkant av 1 mill. kroner i kapitaliserte renter.

Låna under eksportfinansieringsordninga er hovudsakleg gjevne i NOK, USD, EUR og i nokre andre valutaer. Fordelinga ved utgangen av 2021 og 2022 var slik:

Valuta (mrd.)

Talet på lån 2021

Uteståande per 31.12.2021

Talet på lån 2022

Uteståande per 31.12.2022

NOK

73

12,12

62

8,11

USD

51

2,44

42

1,32

EUR

41

1,11

44

1,18

JPY

1

0,77

1

0,67

DKK

1

0,08

1

0,30

GBP

8

0,06

5

0,07

CAD

2

0,06

-

-

NZD

1

0,01

1

0,01

Balansetabellen ovanfor syner at statlege eksportfinansieringslån til saman utgjorde 35,1 mrd. kroner ved utgangen av 2022, ein netto reduksjon på 11,0 mrd. kroner frå året før. Lån i utanlandsk valuta er rekna om til norske kroner basert på valutakursen på balansedagen. Reduksjonen frå 2021 til 2022 kjem hovudsakeleg av ordinære avdrag i samsvar med nedbetalingsplan på lån og førtidige innfriingar. Valutakursendringar førte til at verdien på utlånsporteføljen auka med 2,3 mrd. kroner i 2022. Netto realisert valutavinst på avdraga som vart innbetalte i 2022, utgjorde om lag 2,0 mrd. kroner.

Det vart inntektsført renter frå ordninga med 0,8 mrd. kroner på kap. 5629, post 80 i statsrekneskapen 2022. Tilsvarande tal for 2021 og 2020 var høvesvis om lag 0,9 mrd. kroner og 1,6 mrd. kroner.

Alle eksportfinansieringslåna er garanterte 100 prosent av Eksfin og/eller andre finansinstitusjonar. Ved restrukturering av låneforhold, der det vert rekna eit break cost-krav mot låntakar, vil slike krav ikkje vere sikra på same måte. Desse krava er ikkje garanterte og inneber dermed ein noko høgare tapsrisiko for eksportkredittordninga samanlikna med ordinær utlånsportefølje som er garantert. Krav om break cost er inkludert som ein del av låneavtalen for å sikre staten sine samla verdiar. Restrukturering av låneforhold vert inngått under føresetnad om vidare drift. Dei aktuelle krava er ikkje kome til forfall enno. Det er ikkje registrert nokon nye slike lån i 2022. Krav frå utgangen av 2021 på 118,2 mill. kroner er uendra.

Fotnotar

1.

Gjennomsnittleg tal på mottakarar mellom 62 og 66 år og gjennomsnittleg tal på alderspensjonistar i 2020 og 2021 fråvik noko frå tala som er oppgjeve i Meld. St. 3 (2021–2022) Statsrekneskapen 2021. Det er tidlegare oppgjeve tal for middelbestand som gjennomsnittleg tal. Tala for 2020 og 2021 er justert til gjennomsnittleg tal.

2.

I 2020 vart ei liknande tilskotsordning handsama under Finansdepartementets kap. 1634, post 70, og det vart gjennom denne utbetalt drygt 7 mrd. kroner.

3.

Bokføring av utlån og renteinntekter i statsrekneskapen for Husbanken, Lånekassa og bustadlånsordninga i Statens pensjonskasse, følgjer prinsippet om opptente renter basert på kalenderåret, jf. Prop. 1 S (2009–2010) kapittel 9.4. Det inneber at behaldningane av utlån som er aktiverte i kapitalrekneskapen òg inneheld opptente, men enno ikkje betalte renter.

4.

Desse omfattar landsdekkjande innovasjonslån inkludert vekstlån, skipsfart landsdekkjande innovasjonslån, distriktsretta risikolån, risikolån landbruk, landsdekkjande risikolån grønt vekstlån, landsdekkjande innovasjonslån European Investment Fund og distriktsretta risikolån European Investment Fund.

5.

Andre utlån omfattar lån til pakkereisearrangørar, bygdeutviklingslån til landbruket og lån til tilsette. Innovasjon Noreg forvaltar òg bygdeutviklingslån til landbruket for Landbrukets utviklingsfond, som omfattar 403 lån.

Til forsida