Meld. St. 29 (2020–2021)
Heilskapleg nasjonal plan for bevaring av viktige område for marin natur
Tilråding frå Klima- og miljødepartementet 9. april 2021, godkjend i statsråd same dagen. (Regjeringa Solberg)
Melding til Stortinget
Havnasjonen Noreg har interesse av å halde ved lag og vidareutvikle rolla som ein ansvarleg forvaltar av havet. Tiltak for bevaring, berekraftig bruk og kunnskapsoppbygging er sentrale komponentar i ei heilskapleg havforvaltning. Marine verneområde og andre effektive arealbaserte bevaringstiltak skal bidra til å ta vare på viktig undervassnatur og økologiske funksjonar. Det er samanheng mellom eit rikt naturmangfald og biologisk produksjon, økosystemtenester som gir potensial for hausting, og verdiskapinga vi får frå å hauste av fornybare ressursar. Regjeringa ser med denne meldinga framover mot vidareutvikling av den delen av havforvaltninga som handlar om bevaring av viktige område for marin natur.