Meld. St. 26 (2020–2021)

Noregs fiskeriavtalar for 2021 og fisket etter avtalane i 2019 og 2020

Til innhaldsliste

Ordforklaring og forkortingar

ACOM

Advisory Committee on Fisheries Management/ICES´ rådgjevande komité for fiskeriforvalting.

CCAMLR

Commision for the Conservation of Antarctic Marine Living Resources/Kommisjonen for bevaring av levande marine ressursar i Antarktis. CCAMLR vart oppretta i 1981 med Noreg som ein av grunnleggjarane.

COFI

The Committee on Fisheries/ FAOs fiskerikomité. Komiteen vart etablert i 1965 og er eit mellomstatleg forum der fiskeri og havbruk blir diskuterte.

FAO

Food and Agricultural Organization/FNs matvareorganisasjon. FAO vart etablert i 1945 og Noreg vart medlem same året.

FN

United Nations/Dei sameinte nasjonane. FNs generalforsamling vedtek årleg ikkje-bindande reglar gjennom fiskeriresolusjonen, av betyding for statar, regionale fiskeriorganisasjonar og FAO. Ein tilsvarande havrettsresolusjon tek avgjerder for andre havsaker, mellom anna skipsfart og miljø.

ICCAT

International Convention for the Conservation of Atlantic Tunas/Den internasjonale konvensjonen for bevaring av atlantisk tunfisk. ICCAT vart oppretta i 1966 og gjort gjeldande frå 1969. Noreg har vore medlem sidan 2004.

ICES

International Council for the Exploration of the Sea/Det internasjonale råd for havforsking. ICES er ein uavhengig, vitskapleg organisasjon som gjev råd om forvaltinga av det marine miljøet og dei marine ressursane. Oppretta i Danmark i 1902. Noreg vart medlem same året.

IMO

Den internasjonale sjøfartsorganisasjon vart oppretta i 1948. IMO er FNs spesialiserte kontor som er ansvarleg for å betre maritim sikkerheit og å hindre forureining frå skip.

IUCN

International Union for the Conservation of Nature/Verdas naturvernunion. Organisasjonen vart grunnlagd i 1948 og har til formål å bevare naturen og fremje ei berekraftig utnytting og bevaring av naturressursane. Noreg ved Klima- og miljødepartementet og Miljødirektoratet har vore medlem sidan 1970.

IWC

International Whaling Commission/Den internasjonale kvalfangstkommisjonen. IWC skal ta vare på oppgåvene til konvensjonen for regulering av kvalfangst, ICRW. Oppretta i Washington DC i 1946. Noreg vart medlem i 1948.

MSY

Maximum Sustainable Yield/Maksimalt berekraftig utbyte.

NA-FIG

Den Nord-atlantiske fiskerietterretningsgruppa. NA FIG vart oppretta i 2015 for å kartlegge økonomisk kriminalitet i fiskeindustrien i Nord-Atlanteren.

NAMMCO

North Atlantic Marine Mammal Commission/Den nordatlantiske sjøpattedyrkommisjonen. Avtalen om samarbeid om forsking, bevaring og forvalting av sjøpattedyr i Nordatlanteren vart inngått av Færøyane, Grønland, Island og Noreg i 1992.

NAFO

Northwest Atlantic Fisheries Organization/Den nordvestatlantiske fiskeriorganisasjonen. Oppretta i 1979, signert av Noreg same året.

NEAFC

North East Atlantic Fisheries Commission/Den nordaustatlantiske fiskerikommisjonen. NEAFC er ein regional fiskeriforvaltingsorganisasjon som arbeider for ei langsiktig og optimal utnytting av fiskeressursane i konvensjonsområdet. NEAFC vart oppretta i si noverande form i 1982.

OSPAR

The Convention for the Protection of the Marine Environment of the North-East Atlantic/Konvensjonen om vern av havmiljøet i det nordaustlege atlanterhavsområdet. Noreg underskreiv avtalen i 1992. OSPAR-konvensjonen vart gjeldande frå 25. mars 1998.

RFMO

Regional Fisheries Management Organisation/Ein regional fiskeriforvaltingsorganisasjon.

SDG

Sustainable Development Goals/FNs berekraftsmål fram mot 2030

SEAFO

South East Atlantic Fisheries Organization/Den søraustatlantiske fiskeriorganisasjon. Etablert 20. april 2001, Noreg vart medlem i 2004. SEAFO er ein regional fiskeriorganisasjon som arbeider for langsiktig utnytting av ressursane.

TAC

Total Allowable Catch/Totalkvote.

UNODC

United Nations Office on Drugs and Crime/FNs kontor for narkotika og kriminalitet

UUU-fiske

Ulovleg, urapportert og uregulert fiske.

WTO

World Trade Organisation/Verdas handelsorganisasjon. Arbeider for eit opent og ikkje-diskriminerande handelssystem samstundes og tek miljøomsyn. Noreg har vore medlem sidan opprettinga i 1995.

Til forsida