6 Økonomiske og administrative konsekvensar
Meldinga til Stortinget omhandlar opning av område på norsk kontinentalsokkel for mineralverksemd. For å leggje til rette for god ressursforvaltning vil regjeringa leggje til rette for ei styrking av kunnskapsgrunnlaget knytt til havbotnmineralverksemd. I tillegg til ein eventuell leiteaktivitet frå kommersielle aktørar blir det i meldinga lagt opp til ei styrking av kunnskapsgrunnlaget også i statleg regi, både gjennom auka kartlegging av havområda og ei heilskapleg FoU-satsing i regi av Noregs forskingsråd.
Tiltak varsla i meldinga vil dekkjast innanfor eksisterande budsjettrammer. Behov utover dette vil fremjast i dei ordinære budsjettprosessane. Den årlege budsjettmessige oppfølginga vil mellom anna vere avhengig av den økonomiske utviklinga og budsjettsituasjonen.