1 Innleiing og samandrag
1.1 Innleiing
Eit fritt samfunn med menneskerettar, demokrati og rettsstat oppstår ikkje av seg sjølv. Vi er avhengige av fungerande fellesskap, felles verdiar og institusjonar som rettstryggleik, personvern, tillit, næringsliv, frivilligheit, og ikkje minst ytringsfridom og frie medium.
Redaktørstyrte journalistiske massemedia er ein av grunnsteinane i eit fritt og demokratisk samfunn. Nyheitsmedia og journalistikk legg til rette for ei opplyst offentlegheit der borgarar kan gjere seg opp sine eigne meiningar. Demokrati inneber at folket vel representantar til å styre for seg. Men for at et slikt val skal vere reelt, må ein i forkant ha ein open og opplyst debatt. Dette krev ein presse som set søkelys på politiske avgjerder og konsekvensane av desse, og som kan stille krevjande spørsmål og krevje svar frå dei som forvaltar offentlige verv på borgaranes vegne. Ein av media sine viktigaste oppgåver i eit demokrati er derfor å føre uavhengig og kritisk oppsyn med offentleg og privat maktutøving.
Nyheitsmedia har ein samfunnsverdi – for demokratisk meiningsdanning, for kontroll av maktutøving og for språk, kultur og identitet – som går ut over den kommersielle verdien av innhaldet for den enkelte tilbydaren av medieinnhaldet. Journalistikken stiller spørsmål for dei stemmelause og er ein føresetnad for kritisk refleksjon. I tillegg vil busetjingsmønsteret i Noreg, med mange mindre samfunn spreidde over store geografiske område, gjere at mange lokalsamfunn vil kunne vere for små til å kunne gi ein berekraftig marknad for lokale nyheitsmedium. Marknaden produserer derfor ikkje åleine det mediemangfaldet og den journalistikken som er ønskjeleg for samfunnet. Offentleg støtte er av denne grunn eit nødvendig supplement for å bevare eit mangfald av medium og journalistisk produksjon over heile landet. Demokratiets styrke avhenger av i kva grad det opplevast som relevant og representativ for heile befolkninga.
Eit mangfald av medium og journalistikk er likevel ikkje nok i seg sjølv; det er òg nødvendig med tillit. Publikum må ha tillit til at utvalet og framstillinga av saker er relevant og sannferdig, og til at synspunkta og resonnementa som blir fremja, er rimelege og baserte på sakkunnskap. Ein av dei fremste styrkene til det norske samfunnet, i ein tid der demokratiet og ytringsfridommen i enkelte land er under press, er at vi har høg grad av tillit, både til media, samfunnsinstitusjonar, det offentlege og organisasjonar. I kampen mot til dømes digitale ekkokammer, store globale aktørar som i stadig støre grad legg premissane for dei vala vi gjer som kultur- og mediebrukarar og ein fragmentert offentlegheit, kan eit mangfald av medium bidra til eit samfunn prega av tillit og sterke fellesskap.
Regjeringa vil at media skal ha størst mogleg uavhengigheit frå politiske myndigheiter. Medieoffentlegheita er ein sjølvstendig byggjestein i samfunnet, som skal kunne utvikle seg på eigne premissar utan statleg overstyring. Denne meldinga presenterer tiltak som kan bidra til å styrkje prinsippet om armlengds avstand i mediepolitikken, og som dermed kan auke tilliten til at alle mediestøttemottakarane er uavhengige.
Digitaliseringa er demokratiserande. Den har ført nyheitsformidlinga og den demokratiske samtalen over på elektroniske plattformer. Det gir nye, miljøvennlege moglegheiter for å produsere, distribuere og formidle informasjon på same tid som terskelen for ytring, deltaking og interaksjon er lågare. Dette er demokrati i praksis. Samstundes er konkurransen større og inntektsgrunnlaget for mange lågare enn det som tradisjonelt har vore tilfelle. På same tid har digitaliseringa bidratt til eit enormt avsendar- og innhaldsmangfald og nye mogligheiter for utvikling og innovasjon av journalistikk. Tida vi står i krev derfor mediepolitiske mål som betre sikrar ein innovativ og konkurransedyktig medieindustri med stabile og føreseielege økonomiske føresetnader for å produsere eit mangfald av journalistikk i eit mangfald av medium over heile landet.
Med dette som utgangspunkt presenterer denne meldinga kva dei overordna måla for den direkte mediestøtta bør vere framover og korleis ein kan sikre stabile og føreseielege økonomiske føresetnader for å nå dei mediepolitiske måla.
NRK er ein viktig fellesinstitusjon i Noreg som gir betre kommunikasjon og auka gjensidig respekt og forståing i samfunnet. Eit sterkt NRK med breitt innhald av høg kvalitet som er tilgjengeleg for heile befolkninga er derfor eit av våre viktigaste mediepolitiske verkemiddel. Globaliseringa av mediemarknaden inneber at norsk innhald er utsett for langt større konkurranse enn tidlegare. NRK blir derfor stadig viktigare for å fremje norsk innhald, kultur og språk. For å kunne oppretthalde NRK som ein viktig fellesinstitusjon, er det nødvendig at NRK har ein stabil og god finansiering. Denne meldinga presenterer derfor ein ny og meir framtidsretta finansieringsmodell for NRK, som sikrar stabile og føreseieleg føresetnader for eit fortsatt sterkt og sjølvstendig NRK.
Dei kommersielle media og NRK er saman avgjerande for å sikre eit breitt og mangfaldig norskspråkleg medietilbod. Det er derfor viktig at NRK i minst mogleg grad svekkjer aktivitetsgrunnlaget til medium som hentar inntektene sine i marknaden, slik at det samla tilbodet til publikum ikkje blir svekka. I denne meldinga vurderast det om NRKs tilbod har ein slik effekt og om det er nødvendig å gjere endringar i NRKs oppdrag som har ein grense til konkurranseflatene mot kommersielle aktørar.
Med tiltaka som blir foreslått i meldinga, vil regjeringa bidra til at vi framleis kan ha eit velfungerande offentleg rom, og at vi vidarefører tradisjonen med frie, uavhengige og seriøse medium som befolkninga kan ha tillit til.
1.2 Verdien av uavhengige og seriøse medium
I Noreg har vi ein lang og sterk tradisjon for uavhengige og seriøse medium. Medium som vi kan ha tillit til, og som blir drivne etter solide publisistiske og etiske prinsipp. Medium som vi godt kan vere ueinige med i sak, men som vi veit driv ut frå eit ønske om å få fram viktig og korrekt informasjon og om å bidra til ein open og opplyst demokratisk samfunnsdebatt.
Vi har òg ein lang og sterk tradisjon for at myndigheitene tek ansvar for å leggje forholda til rette for eit velfungerande offentleg rom, mellom anna gjennom lovgiving og ordningar med direkte og indirekte mediestøtte. Då den nye § 100 i Grunnlova blei vedteken i 2004, blei dette ansvaret grunnlovsfesta i form av «infrastrukturkravet», som slår fast at myndigheitene har ansvar for å «leggje til rette for eit ope og opplyst offentleg ordskifte».
Dette opne og opplyste offentlege ordskiftet har lagt grunnlaget for eit effektivt demokratisk styresett, som i sin tur har vore ein viktig premiss for den økonomiske og sosiale utviklinga i Noreg, og for at vi i dag på mange måtar har ein svært privilegert posisjon, både i verda i dag og i historisk samanheng. Den norske befolkninga har i stor grad nok ressursar, vi bur i eit trygt land, og vi har høve til å leve eit fritt og sjølvstendig liv, jf. Meld. St. 29 (2016–2017) Perspektivmeldingen. Mange deltek i arbeidslivet, vi har ein kompetent arbeidsstyrke og solide statsfinansar. Små forskjellar i befolkninga bidreg til at mange kan ta del i velstanden, og det fører til at folk har høg tillit både til kvarandre og til dei offentlege myndigheitene. Høg tillit gjer at den enkelte føler tryggleik og fellesskap, og bidreg til eit samfunn med sosial og politisk stabilitet.
Dei fleste av oss er lykkeleg uvitande om kva det vil seie å leve i eit samfunn utan frie medium. I eit slikt samfunn finst det ingen uavhengige kjelder til informasjon og synspunkt som befolkninga kan ha tillit til når hendingar og utviklingstrekk påverkar dei, familien deira og lokalsamfunnet, og myndigheiter eller næringslivsinteresser kontrollerer kva slags informasjon og politiske standpunkt som får plass i media og i den offentlege debatten.
Som med alle ting ein er vand med, er det lett å ta mediemangfaldet og det opne samfunnet for gitt. Det som blir oppfatta som trygt, sjølvsagt og permanent, er det liten grunn til å stå på barrikadane for.
Eit blikk rundt i verda i dag viser oss tydeleg at dette ikkje er sjølvsagt alle stader. Media, og den offentlege samtalen meir generelt, er under sterkt press i mange delar av verda.
World Press Freedom Index 2018 frå Reporters Without Borders viser til dømes at ope fiendskap mot journalistar og medium breier om seg. Det er ikkje lenger avgrensa til autoritære regime. Også her i Noreg ser vi at enkelte teiknar eit fiendebilete av dei tradisjonelle media og reknar dei som politisk korrekte organ for etablissementet eller ei politisk side. Mange av desse søkjer seg til alternative kanalar som ofte ikkje har dei same tradisjonane for presseetikk og kjeldekritikk. Spreiing av desinformasjon og hatefulle ytringar i kommentarfelt og sosiale medium kan òg svekkje tilliten til media og til det offentlege rommet generelt.
Så sjølv om Reporters Without Borders dei to siste åra har rangert Noreg som det landet i verda med størst pressefridom, er det ingen grunn til å vere sjølvgod. Det viser snarare at vi har meir å forsvare og meir å miste. Det er dessutan ein posisjon som blir lagd merke til, og som gir Noreg eit ansvar som strekkjer seg ut over landegrensene og den nasjonale mediepolitikken.
1.3 Ytringsfridom, infrastrukturkravet og rolla til media
Retten til å ytre seg, pressefridommen og informasjonsfridommen er alle ulike element av ytringsfridommen slik han blir definert og verna i Grunnlova § 100. Ytringsfridommen er dermed både utgangspunktet og det overordna målet for regjeringa sin politikk på medieområdet.
Ytringsfridommen er ein individuell menneskerett, men han er òg noko meir:
For det første er ytringsfridommen ein føresetnad for ein fri diskusjon om politiske spørsmål og andre samfunnsspørsmål. Utan ein slik diskusjon kan ikkje eit representativt demokrati fungere.
For det andre er ytringsfridommen ein føresetnad for eit ope samfunn. Det er denne openheita som gjer at allmenta – mellom anna gjennom media – kan føre kontroll med den offentlege og private maktbruken i samfunnet. Denne openheita er enkeltindividet sitt viktigaste vern mot overgrep og samfunnet sitt viktigaste vern mot korrupsjon og maktmisbruk.
For det tredje er ytringsfridommen eit viktig middel for å verne om og fremje andre menneskerettar. Det er til dømes uråd å tenkje seg reell organisasjonsfridom eller religionsfridom utan ytringsfridom.
For det fjerde er ytringsfridom generelt ein føresetnad for utvikling og framsteg til det beste for befolkninga. Det er uråd å finne gode løysingar for framtida dersom det ikkje er rom for å stille spørsmål ved etablerte sanningar.
Myndigheitene har sidan 2004 hatt eit grunnlovsfesta ansvar for å leggje aktivt til rette for faktisk ytringsfridom, i praksis ved å sørgje for at det finst ein velfungerande infrastruktur for den demokratiske samtalen.
Den demokratiske infrastrukturen består av ei rekkje ulike element og dekkjer store delar av medie-, kultur-, utdannings- og forskingspolitikken. Innanfor det som kan definerast som medieområdet, består infrastrukturen av alle former for kommunikasjonskanalar eller uttrykksmiddel som gjer det mogleg å spreie ein bodskap til mange menneske over eit stort område på kort tid. Infrastrukturen består òg av distribusjonssystema som bidreg til å bringe innhaldet fram til eit publikum: alt frå trykkjeri og avisbod til breibandskablar og internettleverandørar.
Dei redaktørstyrte journalistiske massemedia («pressa») har tradisjonelt vore rekna som eit særleg viktig element i den demokratiske infrastrukturen. Dei er sentrale forum for den politiske debatten og meiningsdanninga som utgjer kjernen i den demokratiske grunngivinga til ytringsfridommen. Pressa er svært viktig for ytringsfridom og demokrati, og det er dette som ligg bak ordningane med direkte mediestøtte og meirverdiavgiftsfritak som vi har hatt i 50 år.
Det er lett å tenkje at rolla til media er blitt mindre viktig i den digitale mediekvardagen, med nærmast uendelege moglegheiter til å ha direkte og uredigert kommunikasjon og til å innhente og formidle informasjon.
På den eine sida er det utan tvil rett at utviklinga har ført til større mediemangfald og ei demokratisering av det offentlege rommet. På den andre sida har utviklinga i mange tilfelle fjerna redaktøren som filter mot dei meir problematiske sidene ved media, til dømes hatefulle ytringar, truslar, injuriar, ekskluderande debattklima, falske nyheiter, ytringar som kan vere skadelege for mindreårige, propaganda og konspirasjonsteoriar. Innhald kan no formidlast mellom brukarar utan uavhengig filtrering, faktasjekk eller redaksjonell vurdering. Ein individuell brukar kan i dag nå eit like stort publikum som store etablerte medium.
Snarare enn å gjere dei tradisjonelle media utdaterte, har digitaliseringa derfor gjort det viktigare enn før å støtte opp under dei redigerte media si rolle i det offentlege rommet. Når alle kan vere publisistar, er det ikkje lenger tilgangen til informasjon eller meiningsytringar som er mangelvara. I dag er det heller mangel på innhald som er truverdig, som folk har tillit til, og som har den kvaliteten som er nødvendig for at det skal gi eit solid grunnlag for ein opplyst demokratisk samtale og ei ditto meiningsdanning, jf. Grunnlova § 100 sjette ledd.
Hovudutfordringa for mediebrukarane i dag er derfor å skilje god frå dårleg informasjon, velfunderte synspunkt frå konspirasjonsteoriar og dei balanserte framstillingane frå dei meir tendensiøse eller fordomsfulle. Her har dei redaktørstyrte journalistiske media framleis ein heilt avgjerande funksjon.
For å kunne fylle denne funksjonen må media ha økonomiske føresetnader for å produsere eit mangfald av journalistikk i eit mangfald av medium over heile landet.
1.4 Tillit, ei uavhengig stilling og prinsippet om armlengds avstand
I Noreg har folk generelt høg tillit til medium.1
Graden av tillit til media er sjølvsagt først og fremst avhengig av media sjølve – korleis dei innrettar og forvaltar dei medieetiske reglane, og – ikkje minst – korleis dei driv verksemda si frå dag til dag. Men offentlege rammevilkår kan òg påverke graden av tillit til media og den offentlege samtalen.
Ein viktig føresetnad for tillit er at media er uavhengige i redaksjonelle spørsmål, både frå myndigheiter og andre politiske eller økonomiske interesser. Lesarane av ei avis må kunne stole på at omtalen av eit politisk spørsmål eller det standpunktet avisa tek til spørsmålet på leiarplass, er uavhengig redaksjonelt grunngitt og ikkje styrt av økonomiske eller politiske bindingar til eigarar, myndigheiter eller andre.
Medias redaksjonelt uavhengige stilling overfor eigarane blir i dag vareteken både gjennom bransjeavtalar (ver varsam-plakaten og redaktørplakaten) og fleire ulike lovverk, først og fremst lov 13. juni 2008 nr. 41 om redaksjonell fridom i media (mediefridomslova). Departementet har foreslått å vidareføre lova og inkorporere henne i ei ny lov om redaksjonell uavhengigheit og ansvar i redaktørstyrte journalistiske medium (ei medieansvarslov), jf. høyringsnotat av 9. mai 2018.
Medias redaksjonelt uavhengige stilling overfor myndigheitene er kanskje særleg viktig i lys av rolla dei har som «offentlege vaktbikkjer». Det at media ofte vil ha eit uttalt politisk og ideologisk grunnlag, i tillegg til dei tidlegare tette bindingane mellom pressa og dei politiske partia, gjer at det er særleg viktig å sikre at media er uavhengige av politisk styrte myndigheitsorgan. I denne samanhengen kan mediestøtte vere ei utfordring fordi ho skaper ei økonomisk binding til – og gjer media avhengige av – staten. Sjølv om det er lite som tyder på at dei media som i dag får økonomisk støtte, er mindre uavhengige eller kritiske i journalistikken om offentleg styring, er det ein fare for at slike bindingar kan svekkje den allmenne tilliten til at pressa er uavhengig og har ei viktig samfunnsrolle.
Mediestøttesystemet inneheld enkelte mekanismar som skal vareta den frie redaksjonelle stillinga og tilliten til mediebrukarane. Til dømes er tildelinga av mediestøtte basert på objektive kriterium som i minst mogleg grad opnar for forvaltingsskjønn. Forvaltinga av den direkte mediestøtta er delegert til Medietilsynet, og behandlinga av saker som gjeld klager på mediestøttetildeling, er delegert til ei uavhengig klagenemnd. Det er dessutan lang tradisjon for at departementet ikkje nyttar instruksjonsmakt og omgjeringstilgang på dette området. I tillegg har det skjedd ei opprydding ved at tidlegare øyremerkte tilskot til enkeltmedium i dei seinare åra er blitt inkorporerte i dei forskriftsregulerte tilskotsordningane, jf. til dømes tilskotet til nasjonale vekemedium.
1.5 Regjeringa sine mål for mediepolitikken
Av Granavollplattforma følgjer det at mediepolitikken til regjeringa skal leggje til rette for ytringsfridom, pressefridom og informasjonsfridom, god nyheitsproduksjon over heile landet og ein brei og open offentleg samtale i det digitale mediesamfunnet. Mediepolitikken skal stimulere til innovasjon og nyskaping og samtidig bevare tradisjonane og grunnverdiane til den frie pressa i ei ny tid. Regjeringa vil ha ei mediestøtte som er føreseieleg og ubyråkratisk, og som har størst mogleg avstand til politiske myndigheiter. NRK er ein viktig fellesinstitusjon i Noreg, og skal sikrast stabil og god finansiering. Regjeringa legg verdiane i NRK-plakaten til grunn for arbeidet sitt. Regjeringa vil verne om det opne nettet, samtidig som dei vil vareta personvernomsyn og opphavsrettar.
Regjeringa vil:
Sikre NRK som eit ikkje-kommersielt allmennkringkastingstilbod av høg kvalitet.
Arbeide for at NRK i minst mogleg grad svekkjer aktivitetsgrunnlaget til medium som hentar inntektene sine i marknaden.
Vurdere å tilpasse NRK-plakaten slik at han tek omsyn til mediemangfaldet i ei digital verd.
Halde oppe mediemangfaldet og høvet til å ha alternative og reklamefinansierte allmennkringkastingstilbod.
Modernisere mediestøtta for å sikre eit mangfald av utgivingar på ulike plattformer, sikre norsk journalistisk innhald og vidareføre innovasjonsordninga for digital medieutvikling.
Fjerne dagens lisens og endre finansieringsmodellen for NRK slik at han blir meir framtidsretta, sikrar redaksjonell uavhengigheit og legitimitet, styrkjer den sosiale profilen og blir enkel og ubyråkratisk. All mediestøtte skal samlast i éi ordning.
Vurdere om produksjonar der NRK sjølv eig opphavsretten, skal gjerast digitalt tilgjengelege under fribrukslisens.
Arbeide for at internasjonale medieaktørar som opererer i Noreg, må halde seg til norske konkurransevilkår.
Fremje ei ny lov om medieansvar der kjeldevernet og redaktøransvaret blir vurdert.
Innføre fritak for meirverdiavgift for elektroniske tidsskrift og sikre at ordninga tek vare på utviklinga av det digitale mediesamfunnet gjennom å leggje til rette for elektroniske utgåver av trykte tidsskrift som ikkje må vere heilt identiske med den trykte utgåva.
Handheve prinsippet om nettnøytralitet slik at internett gir like moglegheiter for alle og bidreg til mediemangfald.
1.6 Mediemangfaldsutvalet
Regjeringa oppnemnde i september 2015 eit offentleg utval – Mediemangfaldsutvalet – som hadde som mandat å vurdere kva som bør vere dei statlege måla for mediemangfald, og å vurdere det mediepolitiske verkemiddelapparatet i lys av sentrale utviklingstrekk.
7. mars 2017 leverte Mediemangfaldsutvalet NOU 2017: 7 Det norske mediemangfoldet. En styrket mediepolitikk for borgerne. Det følgde av mandatet at utvalet skulle vurdere kva staten sitt mål for mediemangfaldet bør vere. Utvalet konkluderte med at staten, for å bidra til å oppnå det overordna målet om ytringsfridom og demokrati, bør arbeide for følgjande mål:
Med sikte på å fremme en felles, åpen og opplyst offentlig samtale, bør staten legge til rette for at alle borgere kan bruke et mangfold av uavhengige nyhets- og aktualitetsmedier.
Det følgde vidare av mandatet at utvalet skulle vurdere det samla norske tilbodet med særleg vekt på to område: 1) nyheits- og aktualitetsmedium og deira funksjon i nyheits- og debattformidlinga og 2) allmennkringkastarar og kva dei har å seie for norsk språk og kultur. Med utgangspunkt i analysen skulle utvalet vurdere korleis det økonomiske verkemiddelapparatet til staten, inkludert produksjonstilskotsordninga og kringkastingsavgifta, best kan innrettast for å leggje til rette for ein open og opplyst offentleg samtale og stimulere til eit mangfaldig medietilbod. Utvalet kunne òg vurdere regulatoriske verkemiddel dersom det var relevant.
Eit samla utval foreslo ei rekkje endringar i verkemidla på mediefeltet og la fram fleire nye tiltak. Utvalet grunngir forslaga sine slik: «I en omstillings- og overgangsperiode anbefaler utvalget omfattende og offensive offentlige tiltak for å sikre borgerne og samfunnet den viktige journalistikken». I hovudsak skal tiltaka vere tidsavgrensa til fire år. Utvalet framheva at tiltaka skal evaluerast før dei eventuelt blir vidareførte. Utvalet foreslo og at dei overordna økonomiske rammene for alle verkemidla på medieområdet blir fastsette for fire år av gangen. Forslaga frå utvalet er fremma i lys av eit demokratiperspektiv, det vil seie kva borgarane og samfunnet har behov for.
Dette er dei viktigaste forslaga til utvalet:
Meirverdiavgiftsfritaket blir utvida til alle nyheits- og aktualitetsmedium og sal av enkeltartiklar.
Det skal vere eit tidsavgrensa fritak frå arbeidsgivaravgift for nyheitsbaserte norske medieselskap.
Produksjonstilskotet til nyheitsmedium blir vidareført, men med fleire justeringar:
Lokale medium får eit minstetilskot på 750 000 kroner (1 295 000 kroner for nordnorske aviser).
Tilskotssatsen for nummer 2-aviser i storbyane blir erstatta av satsen for lokale nummer 2-medium. Endringa blir fasa inn over fire år.
Tilskotstaket blir redusert til 27 prosent av driftskostnadene til mottakaren. Endringa blir fasa inn over fire år.
Utvalet foreslo tre nye tilskotsordningar:
Ei tilskotsordning til innovasjonsprosjekt for nyheitsmedium: 30 millionar kroner per år.
Ei tilskotsordning som skal stimulere samfunnsviktig journalistikk: 20 millionar kroner per år.
Ei tilskotsordning for nyheitsmedium som er gratis for brukarane: 20 millionar kroner per år.
Berekningane til utvalet viser at endringane og dei nye tiltaka kjem til å koste mellom 743 og 843 millionar kroner per år, inkludert kompensasjon til ein kommersiell allmennkringkastar på TV. Utvalet grunngav dei omfattande forslaga med at det er viktig å sikre tilgang på sentral journalistikk i ein spesielt turbulent og endringsprega mediesituasjon.
1.7 Samandrag
Kapittel 2 beskriv marknaden for nyheits- og aktualitetsmedium og dei teknologiske endringane og endringane i brukarvanar som har påverka mediemarknaden i dag. Kapittelet gir ei oversikt over aktørane i marknaden og beskriv situasjonen for avisene, marknaden for brukarbetaling og den generelle kostnadsutviklinga. Kapittelet beskriv òg utviklinga i talet på journalistar og kva trykkje- og distribusjonskostnader betyr for at ein skal kunne halde fram med å gi ut papiravisene.
Kapittel 3 tek for seg dei økonomiske verkemidla på mediefeltet i dag og korleis dei har utvikla seg over tid. Kapittelet gjer òg greie for korleis ulike land har innretta mediestøtta si, og for rammevilkåra for allmennkringkastinga og korleis denne blir finansiert.
Kapittel 4 vurderer alternativ for finansieringa av NRK i tråd med innstillinga frå familie- og kulturkomiteen på Stortinget, jf. Innst. 332 S (2016–2017). Regjeringa vil at kringkastingsavgifta skal avviklast frå 1. januar 2020, og at NRK deretter skal finansierast gjennom løyvingar over statsbudsjettet. Inndekning på skattesida skjer i innføringsåret ved å redusere personfrådraget. Den berekna inntekta ved innføringstidspunktet er øyremerkt NRK. Maksimal betaling for NRK per skattytar blir berekna til om lag 1 700 kroner i innføringsåret. Regjeringa meiner at denne løysinga vil vere enkel og ubyråkratisk og vareta sosiale omsyn ved at finansieringa av NRK blir underlagd fordelingseigenskapane i det alminnelege skattesystemet. Samtidig er modellen framtidsretta fordi den er uavhengig av den teknologiske utviklinga. Modellen, kombinert med faste, langsiktige økonomiske rammer gjennom fireårige styringssignal, vil gje meir føreseielege inntekter og styrkje den uavhengige stillinga til NRK. Det skal etablerast ei ordning som gir NRK kompensasjon for inngåande meirverdiavgift, slik at meirverdiavgifta ikkje gir NRK insentiv til å produsere varer og tenester sjølv (utan avgift) framfor å kjøpe dei frå eksterne (med avgift). Ein konsekvens av overgangen til ny finansieringsmodell er at Lisensavdelinga i Mo i Rana leggjast ned. Den økonomiske ramma til NRK vil bli redusert tilsvarande kostnadsreduksjonen for NRK ved overgangen til løyvingsfinansiering. Delar av denne innsparinga skal brukast til å auke aktivitetane ved Nasjonalbiblioteket si verksemd i Mo i Rana. Dette vil gje nye arbeidsplassar i Mo i Rana. Det framhevast at det er viktig å ta godt vare på dei tilsette i lisensavdelinga, og at ein vil ha dialog med NRK om korleis dette kan sikrast.
Kapittel 5 inneheld ei vurdering av samlinga av den direkte mediestøtta og tiltak som kan styrkje prinsippet om armlengds avstand i mediepolitikken, jf. mellom anna regjeringa si politiske plattform, der det heiter at all mediestøtte skal samlast i éi ordning. Regjeringa konkluderer med at mediestøtta bør forvaltast med større armlengds avstand, og legg fram ein modell for samla mediestøtte med følgjande hovudelement: Det vil bli etablert faste, langsiktige økonomiske rammer for mediestøtta gjennom eit system med styringssignal. Det vil skje ved at Kulturdepartementet året etter stortingsval legg fram ein budsjettproposisjon om dei økonomiske rammene for høvesvis NRK og den direkte mediestøtta med forslag til fireårige styringssignal. På grunnlag av budsjettproposisjonen vil regjeringa foreslå at Stortinget fattar romartalsvedtak for dei årlege økonomiske rammene til høvesvis NRK og den direkte mediestøtta for desse fire åra. Dersom Stortinget fattar eit slikt vedtak, vil det ha som konsekvens at Stortinget forpliktar seg ut over det enkelte budsjettår. Dette vil styrkje uavhengigheita og føreseielegheita for mottakarane. Det etablerast eit uavhengig råd – Mediestøtterådet. Rådet får kompetanse til å fastsetje føresegner for ordningane, og ansvar for å fordele midlar mellom dei ulike tilskotsordningane som utgjer den direkte mediestøtta. Budsjettproposisjonen med forslag til styringssignal vil òg innehalde framlegg om overordna politiske føringar for Mediestøtterådets verksemd. Medietilsynet skal vere sekretariet for rådet og stå for utbetaling av midlar til mottakarene. Dei nærmare detaljane i modellen må greiast ut. Regjeringa vil leggje fram ein lovproposisjon med forslag til formelle rammer for Mediestøtterådet og lovfesting av ordninga med styringssignal. Mediestøtterådet kan tidligast vere i verksemd frå 2021.
I kapittel 6 vurderer departementet måla for tilskotsordningane under den direkte mediestøtta, med utgangspunkt i forslaget til Mediemangfaldsutvalet. Regjeringa konkluderer med at dagens mål for mediestøtta skal vidareførast og supplerast med fire overordna mål. For det første skal mediestøtta leggje til rette for lokale medium i heile landet og unngå kvite flekkar geografisk ved å sørgje for omfordeling til små, lokale aviser. Målet vil i praksis innebere omfordeling av støtte frå dei media som mottek mest støtte i dag til små lokalavisar. For det andre skal støtta leggje til rette for samfunnsviktig og undersøkjande journalistikk og redusere tematiske kvite flekkar. For det tredje skal støtta bidra til innovasjon og utvikling i mediebransjen. For det fjerde skal støtta sikre at mediestøttesystemet i minst mogleg grad gir insentiv til uheldige tilpassingar. Desse måla skal liggje til grunn for arbeidet til Mediestøtterådet. Frem til Mediestøtterådet er etablert vil departementet setje i verk ei omlegging av mediestøtta i tråd med desse måla.
I kapittel 7 vurderast nokre av dei øvrige forslaga til Mediemangfaldsutvalet. Departementet vil setje i verk eit arbeid for å gjere tilskotsordninga for samiske medier plattformnøytral. I dette kapittelet vurderast vidare Mediemangfaldsutvalets forslag om å innføre nye tilskotsordningar for til dømes breie nyheitsmedium og gratismedium. Regjeringa konkluderer med at det ikkje er aktuelt å innføre slike ordningar no. Regjeringa vil arbeide for at den eksisterande innovasjonsordninga i større grad blir retta mot særlege grupper som innvandrarar og språklege minoritetar. Regjeringa vil òg sende på høring forslag om endring av innovasjonsordninga slik at han i større grad blir retta mot tenester for personer med funksjonsnedsetjingar. Eit mellombels fritak for arbeidsgivaravgift bør ikkje innførast på det noverande tidspunkt. Regjeringa meiner også at det ikkje bør innførast ein støtteordning for kommersiell allmennkringkasting på radio. I kapittelet vurderast òg verkemiddel som kan bidra til å betre rammevilkåra til lokalradioen. Departementet har bedt Medietilsynet om å kartleggje rammevilkåra for lokalradiodrift og vurdere om det er grunnlag for å forlengje FM-konsesjonar etter 2021, og på kva vilkår ei eventuell forlenging bør bli gitt. Departementet tek sikte på å komme tilbake til Stortinget med ei sak i 2019 om vilkåra for ei eventuell forlenging av FM-konsesjonar for lokalradio.
I kapittel 8 legg regjeringa fram eit styringssignal for NRK. I kapittelet vurderast NRK sin økonomiske ramme i perioden 2020 til 2022 og behovet for å gjere endringar i allmennkringkastingsoppdraget til NRK. NRKs økonomiske ramme for åra 2020 til 2022 skal oppjusterast kvart år i takt med pris- og lønnsveksten, minus eit effektiviseringskrav på 0,5 prosent. NRK-plakaten skal endrast ved at ein tek inn eit punkt om at NRK skal ha eit særleg ansvar for å dekkje tematiske og geografiske blindsoner.
I kapittel 9 legg regjeringa frem eit styringssignal for den økonomiske ramma for den direkte mediestøtta. Den direkte mediestøtta for åra 2020 til 2022 skal oppjusterast kvart år i takt med lønns- og prisveksten, utan eit effektiviseringskrav. Avviklinga av kringkastingsavgifta vil som nemnt innebere reduserte kostnader for NRK. I ein overgangsperiode vil delar av denne innsparinga bli tilført mediestøtta for å lette omlegginga av støtteordningane.
Kapittel 10 gjer greie for dei økonomiske og administrative konsekvensane av tiltaka i meldinga.
Fotnotar
I BI-studien «Digitalisering av lokal mediebruk» (Olsen m.fl. 2018), svarte 67 prosent at dei har høg eller svært høg tillit til lokalavisa si, 61 prosent svarte at dei har høg eller svært høg tillit til distriktssendingane til NRK, og 52 prosent svarte at dei har høg eller svært høg tillit til regionavisa. For alle dei tre gruppene av medium var det berre seks prosent som svarte at dei hadde låg eller svært låg tillit til dei same media. I ei undersøking som Respons Analyse har gjennomført for Arendalsuka, gir 58 prosent av respondentane media karakterar frå 6 til 10 på ein tillitsskala frå 1 til 10. Nordiske Mediedager si årlege undersøking viste for 2018 følgjande tal for svært stor eller nokså stor tillit til nyheiter i ulike medietypar: papiraviser 91 prosent, nettaviser 84 prosent, TV 82 prosent og radio 93 prosent. På spørsmålet «Kor stor tiltru har du til media generelt?» svarer 85 prosent at dei har stor eller noko tiltru. Berre 13 prosent svarer at dei har mindre tiltru eller inga tiltru (1 prosent).