Del 5
Ein samordna frivilligheitspolitikk
11 Heilskapleg styring og samordning på statleg nivå
11.1 Innleiing
Det finst knapt ein samfunnssektor utan ei eiga frivilligheit. 13 av 15 departement løyver midlar til frivillig aktivitet og frivillige organisasjonar. Sjølv om sektorprinsippet og behovet for fagleg kontakt mellom frivilligheita og fagdepartementa og -etatane tilseier at frivilligheitspolitikken ikkje kan eigast av eitt departement, er det stort behov for koordinering av frivilligheitspolitikken for å sjå heilskapen. Kulturdepartementet er gitt dette koordinerande ansvaret.
Dette kapittelet inneheld tiltak for ein heilskapleg statleg frivilligheitspolitikk.
11.2 Samspel
11.2.1 Frivilligheitserklæringa
Frivilligheitserklæringa blei vedteken i 2015 og gir konkrete og praktiske føringar for samspelet mellom det offentlege og frivillig verksemd, samtidig som ho anerkjenner verdien og sjølvstendigheita til frivilligheita. Erklæringa er forankra i ein brei prosess med innspel frå frivillig sektor, departementa og kommunesektoren. Frivilligheitserklæringa omtaler intensjonane til regjeringa for medverknad, forenkling og samordning.
Sjølvstendigheita til frivilligheita skal haldast i hevd og vere førande for statens frivilligheitspolitikk. Samtidig er frivillig sektor ofte ein del av løysinga på felles samfunnsutfordringar. Framfor at staten skal bestemme korleis frivilligheita skal bidra, så er ein tent med tidleg involvering for å finne gode løysingar i fellesskap.
Frivilligheitserklæringa skal sikre frivillig involvering frå frivillig sektor i politiske prosessar på nasjonalt plan. Tiltaket har to innfallsvinklar: For det første er det eit sjølvstendig poeng at stemma til frivilligheita blir høyrd, fordi dette sikrar demokratiske prosessar og at fleire stemmer kjem til orde. For det andre gir involvering av frivillig sektor betre vedtaksgrunnlag i politiske prosessar. Frivilligheita har ein kompetanse på fleire samfunnsområde som er avgjerande å få med. Medverknad sikrar følgjeleg både eit godt kunnskapsgrunnlag for vedtak og forankring av vedtak som igjen sikrar god oppfølging.
Frivillig sektor uttrykkjer at dei er nøgde med at Frivilligheitserklæringa finst, og stiller seg enno bak innhaldet i denne. Regjeringa vil revidere Frivilligheitserklæringa i dialog med frivilligheita og kommunesektoren. Medverknad og samordning vil enno vere berande element i erklæringa.
Eit grunnleggjande element i den statlege frivilligheitspolitikken er dialog og samspel med frivillig sektor. Regjeringa vil leggje til rette for medverknad frå frivillig sektor i politiske prosessar. Kvart departement skal arbeide for medverknad og openheit med tilhøyrande sektor. Dette gir betre kvalitet på avgjerdene, speglar mangfaldet i samfunnet, gir breiare eigarskap til avgjerdene og bidreg til gjensidig læring og demokratiutvikling.
11.2.2 Dialog mellom staten og frivillig sektor
Sakråd er ein arbeidsmetode som er i bruk i Sverige for at regjeringa og embetsverket kan nytte kunnskap og perspektiv frå frivillige organisasjonar på avgrensa saksområde. Metoden er ei møteform med faste malar for agenda og referat. Styresmaktene initierer sakråd i samband med spesielle saker på gitte samfunnsområde. Modellen eignar seg i saker der det kan vere nyttig med fleire stemmer og eit breiare kunnskapsgrunnlag.
Sakråd skil seg frå meir tradisjonelle medverknadsfora som innspelsmøte og høyringar på fleire måtar. For det første kjem eit sakråd tidleg i prosessen, før avgjerder er tekne. For det andre er det kompetansen til frivillige organisasjonar på eit fagfelt som ligg til grunn for sakrådet, ikkje som representantar for ein sektor, men som faginstansar. Derfor er sakråd ikkje opne, men det departementet som arrangerer sakråd, inviterer relevante deltakarar. For det tredje blir det laga referat frå sakråda med oppfølgingspunkt.
Ein sakrådmodell kan vere relevant i ein norsk kontekst. Han understrekar medverknadsmålet i frivilligheitspolitikken og er eit nyttig verktøy som utviklar dialogen med frivillig sektor under ulike fagdepartement. At både departement og frivillige organisasjonar har noko å bringe til torgs, vil styrkje vidare samarbeid, medverknad og vedtaksgrunnlag. Det vil etablere dei overordna prinsippa i frivilligheitspolitikken i større delar av departementsfellesskapen og samtidig styrkje kunnskapsgrunnlaget til departementa. Det skaper eit gjensidig forhold som styrkjer tilliten mellom organisasjonar og staten, forlengd mellom menneske og styresmakter.
I utviklinga av ein sakrådmodell er det viktig å avklare i kva saker denne arbeidsmetoden eignar seg. Sakråd skal ikkje vere eit krav slik for eksempel høyringar er, men eit verktøy som er mogleg for departementa å bruke for å sikre at viktig kunnskap i frivillig sektor blir lagd til grunn der det er formålstenleg.
11.2.3 Frivilligheitsåret 2022
Frivillighet Norge har foreslått at det blir dedikert eit frivilligheitsår for å setje søkjelys på all den aktiviteten som finn stad i norske lokalsamfunn. Kulturdepartementet vil gå inn for at det blir skipa til eit slik år i 2022 i tett samarbeid mellom frivillig sektor og offentlege styresmakter.
Tiltak:
Regjeringa vil revidere Frivilligheitserklæringa langs to spor: medverknad og samordning.
Ein modell for sakråd skal utarbeidast av Kulturdepartementet i samråd med departementa og frivillig sektor.
Regjeringa vil setje av 2022 som «frivilligheitsåret».
11.3 Forsking og kunnskapsutvikling
Forsking og kunnskapsutvikling er eit sentralt verkemiddel for å nå dei frivilligheitspolitiske måla om brei deltaking, ein sterk og uavhengig sektor, forenklingsreform og ein samordna frivilligheitspolitikk. Formålet med å omtale forsking og kunnskapsutvikling i denne meldinga er å gjere greie for kva Kulturdepartementets ansvar som koordinerande departement inneber, og kva sektoransvaret til andre departement for forsking inneber for oppfølginga av dei frivilligheitspolitiske måla.
Forskingspolitikken til regjeringa er organisert etter sektorprinsippet. Kunnskapsdepartementet har det overordna samordningsansvaret, mens det enkelte departementet har ansvar for forskings- og kunnskapsutvikling innanfor eige ansvarsområde. Sektoransvaret for forsking omfattar åtte element.1 Departementa skal:
ha oversikt over kunnskapsbehova til sektoren
systematisk vurdere forsking som verkemiddel for å nå sektorpolitiske mål
bidra til forsking og kompetanseoppbygging for sektoren
syte for forsking for politikkutforming og forvalting
leggje til rette for høg vitskapeleg kvalitet og relevans i forskinga
vere bevisst på kva kanal ein vel for forskingsfinansiering
samarbeide med andre departement
følgje opp internasjonalt forskingssamarbeid innanfor sektoren
Med tanke på oppfølging av dei frivilligheitspolitiske måla betyr dette at departementa skal ha oversikt over det kunnskapsbehovet frivilligheita har innanfor eigne ansvarsområde, systematisk vurdere forsking og kunnskapsutvikling om frivilligheit som verkemiddel for å nå sektorpolitiske mål, bidra til forsking og kompetansebygging om frivilligheit for sektoren, og syte for forsking om frivilligheita for politikkutforming og forvalting.
11.3.1 Langtidsplanen for forsking frå regjeringa
Regjeringa har lagt fram ein revidert langtidsplan for forsking og høgare utdanning, jf. Meld. St. 4 (2018–2019) Langtidsplan for forsking og høgare utdanning.2
Det overordna målet regjeringa har for norsk forskingspolitikk, er styrkt konkurransekraft og innovasjonsevne, å møte store samfunnsutfordringar og å utvikle fagmiljø av førsteklasses kvalitet. Vidare har regjeringa valt ut fem langsiktige, tematiske prioriteringar der forskingsinnsatsen skal styrkjast: hav, klima, miljø og miljøvennleg energi, fornying og betre tenester i offentleg sektor, mogleggjerande teknologiar og samhøyrsle i ei globalisert verd. Langtidsplanen har eit tiårig perspektiv.
I den reviderte langtidsplanen er forsking på sivilsamfunn og frivillig sektor løfta fram både som mål og prioritering. For å kunne møte store samfunnsutfordringar er det behov for kunnskap om kva som skaper trygge og velfungerande samfunn i dei endringsprosessane samfunnet står overfor, der mange av dei er globale. Langtidsplanen peiker på frivillig sektor som del av infrastrukturen for offentleg samtale, samfunnsdeltaking og demokrati. I ei tid med aukande forskjellar og polarisering i samfunnet er det behov for kunnskap om dei samfunnsbyggjande rollene til frivilligheita; for demokrati, fellesskap, integrasjon og tillit. Det blir vidare peikt på behovet for meir kunnskap om kva som kan bidra til større deltaking og inkludering av grupper som er underrepresenterte i frivillig organisasjonsliv. Innovasjonsarbeidet i offentleg sektor omfattar samspel mellom anna med frivillige organisasjonar, deriblant samskaping med sivilsamfunn og frivillige organisasjonar.
I samsvar med sektoransvaret for forsking skal departementa følgje opp forsking og kunnskapsutvikling om frivilligheit innanfor eigne ansvarsområde. Regjeringa forventar at universitet, høgskular og forskingsinstitutt som får statlege grunn- og basisløyvingar, følgjer opp prioriteringane i langtidsplanen innanfor eksisterande budsjettrammer, og at Noregs forskingsråd over tid dreier den samla porteføljen sin meir i retning av prioriteringa i langtidsplanen.
11.3.2 Sektorovergripande forsking og kunnskapsutvikling
Politikken til regjeringa for forsking på frivillig sektor er forankra i dei frivilligheitspolitiske måla. Forskinga skal gi kunnskap som bidreg til breiare deltaking, ein sterk og uavhengig sektor og forenkling. Denne kunnskapen skal nyttast av styresmaktene, men i like stor grad komme sektoren sjølv til gode.
På same måten som frivilligheitspolitikken blir koordinert av Kulturdepartementet, er det Kulturdepartementet som samordnar forskingspolitikken til regjeringa på feltet sivilsamfunn og frivilligheit. Dette inneber at fagdepartementa har eit sjølvstendig ansvar for kunnskapsinnhenting og forsking på kva betydning og rolle frivillig sektor har på fagområda til departementa.
Formålet til regjeringa med å støtte forsking på sivilsamfunn og frivillig sektor er å auke og utvikle kunnskapen om kva betydning og rolle i samfunnet sektoren har, bidra til å vidareutvikle frivilligheitspolitikken og styrkje frivillig sektor gjennom forskingsbasert kunnskap. Eit sektorovergripande perspektiv på forskinga blir sikra gjennom hovudforskingstema:
perspektiv på deltaking
sivilsamfunn og frivillig sektor i endring
korleis finansieringsordningar og andre rammevilkår påverkar frivillig sektor
Boks 11.1 Senter for forsking på sivilsamfunn og frivillig sektor
Kulturdepartementet etablerte Senter for forsking på sivilsamfunn og frivillig sektor i 2008 som følgje av Stortingsmelding nr. 39 (2007–2008) Alle skal med.1 Senterets formål og oppgåve er å leie og gjennomføre forskingsprogram på sivilsamfunn og frivillig sektor, fremje eit sterkt fagleg forskingsmiljø med forskarar frå ulike disiplinar som dekkjer forskarkompetanse innanfor hovudtemaa for forskinga. Senteret skal skape eit godt forskingsbasert kunnskapsgrunnlag for politikkutforming og frivillig sektor og vektleggje vitskapeleg publisering og dialog med brukarane av forskinga.
Senteret legg til rette for møteplassar for forskarar, frivillig sektor, departement og ålmenta. Deltaking på konferansar, møteplassar og arenaer for forskings- og kunnskapsformidling bidreg til spreiing av kunnskap og dialog med praksisfeltet, departement, forskarar og andre med interesse for feltet. I tillegg blir forsking og analysar formidla gjennom kronikkar, foredrag og deltaking i den offentlege debatten.
Dei økonomiske rammene for forskinga har vore på om lag 9 millionar kroner årleg. Kulturdepartementet bidreg med hovuddelen av finansieringa, mens sektordepartementa har bidrege ulikt i tråd med kunnskapsbehov på eigne område. Samarbeid på tvers av departement bidreg til å gi eit heilskapleg blikk på feltet samtidig som at fleire perspektiv, kategoriar av organisasjonar og sektorar kan belysast. Forskinga har slik gjort sitt til å belyse og auke kunnskapen om mellom anna deltaking av ungdom og innvandrarbefolkning, sosial ulikskap i deltaking, motivasjons- og rekrutteringspotensial, livskvalitet og folkehelse, beredskap og idrett.
Senteret leverer forsking av høg kvalitet og har eit sterkt forskingsmiljø med brei internasjonal kontakt. I tillegg til dei statlege midlane har senteret søkt og fått midlar frå Noregs forskingsråd og EU-midlar i tillegg til eigne ressursar. Den forskingsfaglege delen av senteret blei i 2013 vurdert i samband med eit nytt forskingsprogram i tidsrommet 2013–2017. Eit ekspertpanel nedsett av Forskingsrådet av forskarar på feltet utanfor Noreg vurderte den forskingsfaglege delen av forskingstilbodet frå Institutt for samfunnsforsking og Uni Rokkansenteret, og gav søknaden sluttkarakteren 6 – An excellent project with a high quality most of the criteria assessed.
1 Kultur- og kirkedepartementet (2007)
11.3.3 Forsking og kunnskapsutvikling for å nå frivilligheitspolitiske mål
Ein grunnleggjande premiss for frivilligheitspolitikken er at frivilligheita skal vere sjølvstendig. Statens oppgåve er å støtte opp om og leggje til rette for ein aktiv og berekraftig frivillig sektor som held fast på og aukar innsatsen og aktiviteten sin. Det er på denne bakgrunnen eit overordna mål å bidra til forsking og kunnskapsutvikling for frivillig sektor.
God praktisering av sektoransvaret for frivilligheitspolitikken omfattar også at departementa skal ha oversikt over kunnskapsbehovet til frivillig sektor, og at det blir lagt til rette for prosessar som sikrar at forsking og kompetansebygging kjem sektoren til gode. Det er vidare eit departementsansvar systematisk å vurdere frivilligheitsforsking som verkemiddel for å nå sektorpolitiske mål innanfor eigne ansvarsområde, og syte for forsking for politikkutforming og forvalting.
I pågåande revidering av langtidsplanen er sivilsamfunnsforsking løfta fram både som mål og prioritering. Ein sterk frivillig sektor er viktig for samfunnsdeltaking og fellesskap og er ein føresetnad for demokrati, fellesskap, integrasjon og tillit. Regjeringa vil syte for eit godt og oppdatert kunnskapsgrunnlag om forhold knytte til sosial samhøyrsle og stabilitet og eit trygt samfunn. Det er behov for meir kunnskap om dei samfunnsbyggjande rollene til frivilligheita og betydninga av demokrati, fellesskap, integrasjon og tillit. Vidare vil ein auke kunnskapen om kva som kan bidra til større deltaking og inkludering i frivillig organisasjonsliv blant underrepresenterte grupper. Til sist er det behov for å auke kunnskapen om samskaping med frivillig sektor og sivilsamfunn i utvikling av offentlege tenester og tilbod.
Kulturdepartementet vil gjennom Senter for forskning på sivilsamfunn og frivillig sektor føre vidare satsinga på forsking som sikrar dei lange linjene og oppdragsforsking basert på meir aktuelle kunnskapsbehov. Empirisk forsking kviler på gode data. Det vil enno vere eit mål å etablere, utvikle og halde ved like sentrale datakjelder, både kvantitative og kvalitative, knytte til frivillig innsats og deltaking, frivillige organisasjonar og rammevilkåra og økonomien til organisasjonane. Slik sikrar ein behovet for å følgje utvikling og endring over tid, kombinert med moglegheita for å sikre kunnskapsbehov undervegs. For å bidra til dialog om og formidling av kunnskap vil drift og utvikling av nettstaden sivilsamfunn.no bli prioritert.
Eit anna verkemiddel for å styrkje frivilligheitsforskinga ytterlegare er at departementa arbeider for å styrkje kunnskapen om frivilligheit innanfor eigne ansvarsområde for eksempel ved å inkludere relevante tema og problemstillingar i program i Noregs forskingsråd.
Noregs forskingsråd er det viktigaste organet for å realisere den overordna forskingspolitikken til regjeringa og fordeler årleg rundt 9 milliardar kroner til forsking og innovasjon. Tema som direkte vedkjem sivilsamfunnet og rolla til frivillig sektor, blir i liten grad tekne opp gjennom forskingsprogram og andre ordningar. Men ein ser på potensialet som stort, og auka merksemd rundt desse spørsmåla vil kunne ha stor betydning både for frivillig sektor, departementa og ålmenta.
Tiltak:
Føre vidare Senter for forsking på sivilsamfunn og frivillig sektor med eksisterande overordna formål for forskinga og dei gjeldande forskingstemaa og kjerneoppgåver i senteret knytte til dialog og formidling, drift og utvikling av www.sivilsamfunn.no
11.4 Regjeringa vil
Revidere Frivilligheitserklæringa langs to spor: medverknad og samordning.
Utarbeide ein modell for sakråd i samråd med sektordepartementa og frivillig sektor.
Settje av 2022 som «frivilligheitsåret».
Følgje opp mål og prioriteringar i langtidsplanen for forsking og høgare utdanning gjennom større vektlegging av forsking på sivilsamfunn og frivillig sektor i program under Noregs forskingsråd.
Føre vidare Senter for forsking på sivilsamfunn og frivillig sektor med eksisterande overordna formål for forskinga og dei gjeldande forskingstemaa:
perspektiv på deltaking
endringsprosessar i frivillig sektor
korleis rammevilkår og finansieringsformer påverkar frivillig sektor
12 Lokal frivilligheitspolitikk
12.1 Innleiing
Frivillig aktivitet skjer i stor grad der menneske lever liva sine – i lokalsamfunna. For å dyrke fram og halde på ei levande frivilligheit er det viktig at kvar kommune har eit gjennomtenkt forhold til si eiga frivilligheit, og at frivilligheita blir sett på som ein naturleg samtale- og samarbeidspartnar for kommunen.
Regjeringa meiner dette samspelet blir best når lokale forhold får vere førande. Kommunane har verkemidla til å utvikle gode lokalsamfunn i samspel med den lokale frivilligheita. Frivilligheit finst i alle sektorar. Det er derfor viktig med lokal politisk forankring av frivilligheitspolitikken.
12.2 Samarbeid mellom kommunar og frivilligheit
12.2.1 Lokal frivilligheitspolitikk
Frivillig innsats skjer lokalt. Det er ein frivillig sektor i alle kommunar, og alle kommunar har dermed ein frivilligheitspolitikk mellom anna gjennom at dei gir tilskot til frivillig sektor. Mange kommunar har skrive sine eigne frivilligheitsmeldingar og har eigne strategiar for samarbeid med frivilligheita.
Sidan 2013 har KS og Frivillighet Norge hatt ei samarbeidsplattform om utvikling av frivilligheitspolitikk i kommunane.3 Plattforma blei fornya i 2017 og gir ei omtale av korleis kommunane bør leggje til rette for frivillig sektor gjennom økonomiske rammevilkår, fora for samarbeid og medverknad i ulike kommunale prosessar. Nasjonal strategi for frivillig arbeid på helse- og omsorgsfeltet (2015–2020) er eit eksempel på ein nasjonal strategi som grunnlag for samhandlinga mellom statlege og kommunale styremakter og den frivillige aktiviteten både nasjonalt og lokalt. Denne strategien legg grunnlaget for lokale strategiar for frivilligheit på helse- og omsorgsfeltet.
Regjeringa støttar intensjonen bak at alle kommunar skal ha ein frivilligheitspolitikk på lik linje med at staten bør ha ein frivilligheitspolitikk, slik denne meldinga er eit bevis på. Samtidig ønskjer ikkje regjeringa å definere kva den enkelte kommunen eller den enkelte lokale frivilligheita skal leggje inn i ein slik politikk. Det viktigaste for regjeringa er at det i alle lokalsamfunn i Noreg er grobotn for ei levande og mangfaldig frivilligheit.
Til denne meldinga har det komme fleire innspel både frå organisasjonar og kommunar som tyder på at dette er tilfellet i veldig mange lokalsamfunn i Noreg i dag. Regjeringa vil derfor rose det arbeidet Frivillighet Norge og KS gjer i fellesskap for å sjå til at kommunar som ikkje har eit aktivt forhold til frivillig sektor, legg til rette for det.
12.2.2 Ulike typar samarbeid
Kulturdepartementet har fått fleire innspel om kommunal frivilligheitspolitikk, mellom anna forslag om ei plikt for kommunane til å ha eigne frivilligheitsråd for å sikre medverknad og deltaking frå frivilligheita.
Dei to eksisterande medverknadsordningane (eldre og personar med funksjonsreduksjon) er regulerte i kvar si særlov. Då Stortinget vedtok ny kommunelov i vår, vedtok dei at lovreguleringa av både eldreråd og råd for personar med funksjonsreduksjon skal flyttast til ny kommunelov (§ 5-12) med forskrifter. I tillegg vedtok Stortinget at det skal vere krav om at kommunar og fylkeskommunar opprettar ungdomsråd eller anna medverknadsorgan for ungdom. Ungdomsråd har fram til no vore frivillig, men vil dermed bli obligatorisk når ny kommunelov trer i kraft i løpet av 2019.
I tillegg til desse lovpålagde medverknadsfunksjonane har fleire kommunar andre typar råd, for eksempel idrettsråd og friluftsråd. Desse har kommunen og frivilligheita oppretta i samråd med kvarandre utan at dette er lovpålagt.
Regjeringa meiner det skal vere opp til den enkelte kommune eller fylkeskommune å velje korleis ulike brukar- og interesseorganisasjonar, inkludert frivillige organisasjonar, blir involverte i utforminga av lokalpolitikken. Regjeringa ønskjer derfor å vere restriktive når det gjeld å påleggje kommunar og fylkeskommunar fleire faste organ. Det er viktig å syte for at kommunar og fylkeskommunar sjølve kan velje den organiseringa som er tilpassa lokale behov. Omsynet til organisasjonsfridommen til kommunane er eit viktig element i det kommunale sjølvstyret, jf. lov om kommuner og fylkeskommuner (kommunelova).
Regjeringa viser til at det er mange kommunar som har ein aktiv frivilligheitspolitikk, og at det finst mykje godt samarbeid mellom kommunar og den lokale frivilligheita. Her bør ein sjå til dei gode eksempla.
12.3 Frivilligsentralar
Frivilligsentralane har heilt frå byrjinga vore eit spleiselag mellom stat, kommune og frivillige organisasjonar. Opptakten til forsøket med frivilligsentralar strekkjer seg heilt tilbake til ein idédugnad i februar 1990. Sosial- og helsedepartementet hadde invitert dei større sosiale og humanitære frivillige organisasjonane til å presentere idear om korleis dei kunne bidra til å løyse omsorgsoppgåver i framtida. Som eit resultat av idédugnaden blei det i 1991 sett av 30 millionar kroner i statsbudsjettet til forsøksprogram med frivilligsentralar. Desse målsetjingane blei utarbeidde i samarbeid mellom staten og fleire frivillige organisasjonar:
Å finne gode metodar for koordinering av frivillig innsats i nærmiljøet
Å finne gode samarbeidsformer mellom organisasjonar, kommunar og andre
Å rekruttere fleire frivillige og arbeide for auka frivillig innsats i nærmiljøet
Å få til gode lokale frivilligsentralar
I retningslinjene for frivilligsentralane heitte det mellom anna: «Frivillighetssentralene kan bygges opp og drives på ulike måter, ulike driftsformer bør prøves ut i forsøksperioden, og rekruttering av nye frivillige skal vektlegges.»
Det blei ytt støtte til 96 frivilligsentralar. Midlane skulle brukast til lønn til daglege leiarar av sentralane og øyremerkjast ny verksemd. Sjølv om sentralane blei finansierte av Sosial- og helsedepartementet, fekk mange eit innhald på tvers av sektorgrenser. Forsøksprogrammet skulle opphavleg vare i to år, men blei seinare utvida med eitt år, slik at forsøket gjekk ut 1994.
I St.meld. nr. 16 (1993–94) Om videreføring av arbeidet med frivillighetssentraler gav Stortinget ei tilbakemelding om verksemda i frivilligsentralane. Oppsummert blei det vist til at sentralane er eit godt verkemiddel for å utløyse frivillig innsats, og funksjonen sentralen har som møteplass, kan utviklast vidare. Frivilligsentralen kan stimulere til lokal aktivitet og styrkje sosiale nettverk. Her kan ressursar takast i bruk og behov støttast, uavhengig av alder og status.
Det er om lag 425 aktive frivilligsentralar i Noreg i dag. Desse har ulike organisasjonsformer og ulike eigarar. 45 prosent er eigde av kommunar, 28 prosent er organiserte som lag eller foreiningar, 14 prosent som stiftelsar og 13 prosent som samverkeføretak eller anna.4
I 2017 bestemte Stortinget at ansvaret for tilskot til frivilligsentralane skulle overførast frå stat til kommune. Det blei vidare bestemt at midla skal fordelast særskilt innanfor rammetilskotet til den enkelte kommunen ut frå talet på etablerte frivilligsentralar i kommunen i 2016. Overgangsordninga skal vare i fire år.
Paraplyorganisasjonen Norges Frivilligsentraler meiner på vegne av sine medlemmer at vedtaket om å overføre ansvaret for frivilligsentralane til kommunane bør reverserast. Bakgrunnen er at dei meiner å kunne dokumentere at eit fleirtal av sentralane får mindre midlar til drifta si etter overføringa. Dei ønskjer å føre vidare nasjonale retningslinjer for sentralane. KS har på si side spelt inn at dei støttar overføringa til kommunane, og at dei meiner dette vil styrkje den lokale forankringa av sentralane.
Sidan overgangsperioden blei innleidd i 2016 har Stortingets løyving til frivilligsentralane auka kvart år. Det blei løyvd 128 millionar kroner i 2016, 151 millionar kroner i 2017 og 174,9 millionar kroner i 2018. I budsjettforslaget for 2019 er løyvinga auka til 187,4 millionar kroner. Det har blitt etablert fleire nye sentralar sidan tilskota blei overførte til kommunane.
Institutt for samfunnsforsking har med jamne mellomrom utført evalueringar av frivilligsentralane. I den første forsøksfasen registrerte dei talet på frivillige arbeidstimar, talet på frivillige og «brukarar», aktivitetar osb. Seinare har det blitt gjennomført undersøkingar knytte til betydninga av eigarskap, kunnskapsutvikling i nettverk, frivilligsentralane i nærmiljøet og andre tema. Eitt av dei gjennomgåande funna er at eigarskap betyr lite for aktivitetsprofilen ved sentralen. Dagleg leiar har sidan ordninga blei etablert, vore ei sentral drivkraft og fått stor fridom til å stake ut kursen for sentralen i lokalmiljøet.5
Ei målsetjing med å overføre ansvaret for og tilskotet til frivilligsentralane til kommunane var å gi kommunane eit større og meir heilskapleg ansvar for lokal frivilligheitspolitikk. Det er stadig fleire som gjer ein frivillig innsats i Noreg, og det blir stadig oppretta nye frivilligsentralar. Fleire og fleire kommunar har eit bevisst forhold til den lokale frivilligheita, samarbeider godt med denne og driv dermed frivilligheitspolitikk.
Då det statlege tilskotet til frivilligsentralar blei overført til kommunane, blei det klart kommunisert kva staten forventar seg av kommunane for dei pengane som er lagde inn i ramma. Med auka løyving følgjer også ei klar forventning frå staten om at kommunane bruker desse midlane på å styrkje den lokale frivilligheita generelt og frivilligsentralane spesielt.
Tiltak:
Regjeringa vil kartleggje eventuelle endringar i det samla biletet av frivilligheita i kommunane.
12.4 Regjeringa vil
Understreke at kommunane i samråd med den lokale frivilligheita har fridom til sjølve å utforme sin frivilligheitspolitikk ut frå lokale behov.
Kartleggje eventuelle endringar i det samla biletet av frivilligheita i kommunane.
13 Økonomiske og administrative konsekvensar
Frivilligheitspolitikken til regjeringa har som fundament at frivilligheita veks og trivst best fri frå politisk styring. Først i denne meldinga påpeiker regjeringa derfor at det er frivilligheita som set sine eigne mål.
Samtidig har dei nasjonale styresmaktene overordna mål med frivilligheitspolitikken. Hovudmålet er brei deltaking. For å støtte opp om dette skal staten leggje til rette for gode rammevilkår, gjennomføre ei forenklingsreform, og sikre ein samordna frivilligheitspolitikk.
Forslaga til tiltak er baserte på de politiske plattforma til regjeringa og innspel frå frivillig sektor, og støtta av forsking og kunnskap om frivilligheita som sektor og fenomen.
Tiltaka og føringane i meldinga kan innfriast først og fremst ved auka samarbeid og samordning mellom staten og frivillig sektor og mellom dei ulike forvaltningsorgana. Fleire av tiltaka som er foreslått, kan føre til meir effektive løysingar og mindre byråkrati både i statsforvaltinga og i dei frivillige organisasjonane.
Som skildra i kapittel 11 er frivilligheita ein del av alle samfunnsområde. Det vil derfor vere element av frivilligheitspolitikk i alle departement. Kulturdepartementet er gitt eit koordineringsansvar for frivilligheitspolitikken. Dette inneber mellom anna å samordne og utvikle frivilligheitspolitikken til regjeringa og samordne oppfølginga av tiltaka i denne meldinga.
Denne meldinga handlar om statens frivilligheitspolitiske verkemiddel. Det er derfor ikkje foreslått tiltak knytte til regionreforma. Fordi frivillig innsats og frivillig deltaking ofte er lokal, vil nokre av forslaga til tiltak i meldinga omtale lokale forhold. Dette gjeld særleg i kapittel 7 Lokale til frivillig aktivitet og kapittel 12 Lokal frivilligheitspolitikk. Det er likevel ikkje tiltak i meldinga som pålegg kommunar eller fylkeskommunar nye oppgåver eller auka utgifter.
Dei forvaltingsmessige endringane som blir presenterte i kapitla 6, 7, 8, 9 og 10, vil regjeringa kunne gjennomføre utan behov for ekstra ressursar.
Gjennomføring av opptrappingsplan for meirverdiavgiftskompensasjonsordninga presentert i kapittel 6 og digitalisering av tilskotsforvaltninga presentert i kapittel 10 er sentrale tiltak i meldinga. Regjeringa vil komme tilbake til gjennomføring av desse tiltaka i budsjetta dei einskilde åra, og det blir teke atterhald om at tiltaka først kan gjennomførast når det er dekning i budsjettet.