Meld. St. 10 (2018–2019)

Frivilligheita – sterk, sjølvstendig, mangfaldig — Den statlege frivilligheitspolitikken

Til innhaldsliste

Del 2
Brei deltaking

5 Senke terskelen for deltaking

Figur 5.1 

Figur 5.1

5.1 Innleiing

Brei og høg deltaking i frivilligheita er eit mål for å sikre tillit, fellesskap, beredskap, likestilling, kompetanse og velferd.

Dette kapittelet beskriv korleis vi som samfunn kan leggje til rette for at frivillig sektor held fram med å vere grunnmuren i demokratiet vårt – samansett av enkeltmenneske som får bruke ressursane sine i samspel med kvarandre.

Det er ei utfordring at nokre grupper systematisk fell utanfor frivilligheita. Kapittelet vil derfor også vise til tiltak for å senke terskelen for deltaking og få med fleire av dei som ikkje deltek i frivillig aktivitet i dag.

5.2 Kvifor auke deltakinga

Noreg består av tusenvis av lokalsamfunn bygde opp av og tekne vare på av dei menneska som bur der. Det er eit mål i seg sjølv å leggje til rette for ei levande frivilligheit der innbyggjarane får halde på med det som gir liva deira meining, i fellesskap med kvarandre. Dette har ein verdi for kvar enkelt person og kvart enkelt lokalsamfunn i kvardagen, samtidig som det gjer oss som samfunn rusta til saman å kunne møte små og store krisar som kan komme.

Annakvart år sidan 2001 har European Social Survey målt sosial tillit i Europa. Saman med dei andre nordiske landa ligg Noreg øvst på lista over land med høg tillit i befolkninga.1 Denne tilliten er og har vore svært viktig i arbeidet for å skape velferdssamfunnet vårt. Tillit er viktig for den enkelte fordi tillit gir oss tryggleik, betre livsmoglegheiter og dermed overskot til å bidra. Høg grad av tillit er også samfunnsøkonomisk lønnsamt. Det fører til mindre konflikt, større tru på at avtalar blir respekterte, mindre kontroll og meir openheit. Denne tilliten skal vi derfor verne om.

Det er ikkje tilfeldig at eit land som er prega av høg tillit, også er eit av dei landa i verda som har høgast grad av frivillig deltaking. Frivilligheita er ein katalysator for tillit mellom menneske fordi ho er ein møteplass, eit rom for meiningsutveksling og eit rom for aktivitet.

Regjeringa anerkjenner den sentrale rolla til frivilligheita som ein arena for inkludering og integrering. Deltaking i frivilligheitsfellesskapen kan vere nøkkelen inn i lokalsamfunnet, utdanninga og arbeidslivet. Ikkje som ei erstatning for strukturelle tiltak som det offentlege har ansvar for, men som ein heilt sjølvstendig faktor.

Vi ser tendensar rundt oss no til at trua på demokratiet og dei verdiane vi kanskje har teke for gitt, er i ferd med å forvitre. Parallelt endrar den økonomiske situasjonen vår seg, og vi må vere innovative og omstillingsdyktige for å kunne føre velferdssamfunnet vidare.

Skal vi lykkast med omstillinga av Noreg, må vi også lykkast med å byggje rause, solide og tolerante fellesskapar der det er rom for mangfald og ulike meiningar. Det krev at vi har nokre felles referanserammer som samlar oss på tvers. Her speler frivilligheita ei heilt sentral rolle saman med familien, skulen og arbeidsplassen. Gjennom å vere ein arena for aktivitet og engasjement, med rom for usemje og brytningar, sikrar frivilligheita den felles danninga som gjer menneske i stand til å vere aktive medborgarar i eit demokrati.

Kvar enkelt frivillig kan ta opp utfordringar i sin organisasjon og få med seg fleirtalet for å auke deltakinga generelt og mangfaldet i deltaking spesielt gjennom dei demokratiske kanalane i medlemsorganisasjonane sine.

Brei deltaking er viktig også i eit folkehelseperspektiv og kan bidra til livskvaliteten til den enkelte. Dette gjeld særleg menneske som står utanfor arbeidsmarknaden, som eldre, sjukemelde og arbeidsledige. Fråvære av møteplassar og sosiale band skaper grobotn for ei rad fysiske og psykiske utfordringar. Deltaking i frivillig arbeid kan på mange måtar erstatte den sosiale interaksjonen og dei sosiale banda som arbeidsliv og skule elles gir. Deltaking i frivilligheit reduserer også inaktivitet, som igjen gir fysiske gevinstar.2

Høg deltaking i frivillige organisasjonar er også med på å skape robuste lokalsamfunn og er god beredskap. Vi har sett gang på gang ved flom, ras, brann og andre naturskapte kriser korleis frivillige – sjølv om dei ikkje har ein redningsfagleg bakgrunn – er med på å sikre hjelp og tryggleik i dei første avgjerande timane. Samtidig vil regjeringa sjå til at dei frivillige organisasjonane bevarer og styrkjer posisjonen sin innafor norsk redningsberedskap. Det bør likevel vere eit tydeleg skilje mellom offentlege og frivillige ressursar slik at ein tek vare på den grunnleggjande motivasjonen hos enkeltindividet når det gjeld å bidra i beredskapsarbeidet.

Samla sett er høg og brei frivillig deltaking derfor eit mål i seg sjølv. Staten skal ikkje leggje seg opp i korleis folk er frivillige. Men staten skal, i samarbeid med dei frivillige organisasjonane, syte for at det finst ei frivilligheit der alle kan finne si interesse, at det er enkelt å bli frivillig, slik at Noreg held fram med å vere det landet i verda som har høgast grad av frivillig innsats.

Frivilligheita er skular i demokrati som alle bør få gå på. Alle frivillige organisasjonar bør derfor strekkje seg for å få med fleire. Særleg gjeld dette å leggje til rette for at dei som ikkje er med i dag, får vere med i den fellesskapen som frivillig aktivitet og frivillige organisasjonar er. Dette er spesielt viktig for barn og unge. Samvære med venner på fritida og deltaking i fritidsaktivitetar bidreg til gode barne- og ungdomsår. Fritidserklæringa er eitt av fleire tiltak som utgjer ein forskjell og styrkjer innsatsen slik at alle barn og unge får moglegheit til å vere med i organiserte fritidsaktivitetar uavhengig av økonomien og ressursane til foreldra. Alle barn skal ha lik tilgang til dei arenaene og lærings- og samværsaktivitetane som frivilligheita tilbyr. Å senke terskelen for frivillig deltaking er eit frivilligheitspolitisk mål.

5.3 Motivasjon for deltaking

Ønsket om å gjere ein konkret innsats og ønsket om å lære noko er ofte eit argument for å gjere ein frivillig innsats. Det varierer mellom ulike typar frivillig arbeid og mellom aldersgrupper kva som er viktigast.3 Frivillige innanfor helse- og sosial-frivilligheita oppgir i størst grad eit ønske om å gjere ein innsats for andre som motivasjon for innsatsen dei legg ned. Innanfor kultur og idrett er motivasjonen i større grad knytt til sosiale forhold.

Frivillige er ofte motiverte av læring og av å handle i tråd med dei verdiane dei har. Både unge og eldre opplyser at det er viktig å føle at dei har ein verdi. Mens eldre frivillige seier at motivasjonen deira for å gjere ein frivillig innsats er ønsket om å treffe andre og om å kunne gjere noko nyttig, er unge frivillige i større grad motiverte av å få lære noko og av å få denne kompetansen på CV-en. Engasjement avlar engasjement, og deltaking i frivillige organisasjonar gir ein realkompetanse ved sida av skule og arbeidserfaring. Det er derfor viktig at både skule og arbeidsliv er bevisst på å verdsetje frivillig innsats hos elevar og medarbeidarar og legg til rette for at frivillig innsats finn stad.

Prosentdelen som meiner det er viktig å vere medlem i ein organisasjon for å kunne gjere ein innsats, er stabil, trass i at ein som vist i kapittel 4 ser ein tendens til at færre er medlemmer i organisasjonar. Av dette kan ein slutte at mange enno støttar den medlemsbaserte frivilligheita.

Undersøkingane viser også at frivillige som driv med aktivitetar leidde av betalte tilsette, scorar høgare på alle motivasjonsskalaer, mens foreldrefrivillige generelt har lågare individuell motivasjon enn andre.

5.4 Barrierar mot deltaking

Eit inkluderande samfunn føreset ein inkluderande frivillig sektor.

Dei vanlegaste grunnane til at folk ikkje deltar i frivillig arbeid, er mangel på tid og interesse, eller at dei har svake nettverk og ikkje blir spurde om å delta.4 Det varierer mellom aldersgruppene kva som blir opplyst som årsak til manglande deltaking. Yngre rapporterer i større grad at dei er opptekne med andre aktivitetar, at dei ikkje har blitt spurde, eller at dei ikkje veit kvar dei skal begynne. Middelaldrande vektlegg i større grad tidsaspektet, som ein krevjande arbeidssituasjon eller at dei er opptekne med andre aktivitetar, mens eldre oftare oppgir årsaker knytte til helse.

Grunnane til at barn og ungdom frå familiar med låg sosioøkonomisk status deltek sjeldnare i fritidsorganisasjonar, er samansette.5 Økonomi er ein del av biletet. Manglande midlar til medlemskontingentar og utstyr held nokre barn borte.

I kor stor grad barn og ungdom er med på frivillige aktivitetar, er også avhengig av kor engasjerte foreldra er. Foreldre som sjølve driv frivillig aktivitet, eller som sjølve er vaksne opp med organiserte fritidsaktivitetar, vil kanskje i større grad motivere eigne barn til deltaking. Fritidsaktivitetane til barn og ungdom i Noreg i dag er dessutan i stor grad avhengige av foreldrefrivilligheit. Dersom foreldre av ulike årsaker ikkje kan engasjere seg i fritida til barna, kan dette føre til at barna ikkje deltek i det heile.

I ein del fritidsaktivitetar blir det også stilt høgare og høgare krav til deltaking og prestasjonar etter kvart som ungdom blir eldre. Dette kan medverke til at fleire sluttar, anten fordi dei ikkje har tid, eller fordi dei ikkje lenger er motiverte nok. Behovet for økonomiske investeringar kan også vere ein del av forklaringa.

Eit fleirtal begynner med frivillig arbeid fordi nokon spør dei, eller fordi dei får høyre om moglegheiter til å gjere ein frivillig innsats gjennom nokon dei kjenner. Den vanlegaste rekrutteringsvegen til frivillig arbeid går gjennom såkalla svake band og folk ein kjenner.

Betydninga av sosiale nettverk er ein av dei største barrierane mot å få med fleire av dei frivillige som i dag ikkje deltek. Ressurssterke personar som har god helse og breitt nettverk, begynner lettare med frivillig arbeid enn menneske som av ein eller annan grunn er svakt sosialt integrerte. Sivilsamfunnet tiltrekkjer seg frivillige som i utgangspunktet har god helse og livskvalitet.

Profesjonalisering av organisasjonar og i organisasjonar kan også bidra til å skape barrierar mot deltaking. Høge forventningar og krav til sosiale ressursar, tidsbruk, kompetanse, språk og økonomi kan ekskludere menneske som både kan og vil bidra i organisasjonslivet, men som ikkje finn seg til rette. Det dreier seg om høge forventningar til kva organisasjonen skal levere, auka krav frå det offentlege når det gjeld søknader og rapporteringar, og samtidig ønsket frå organisasjonane sjølve om å vere profesjonelle, ressurssterke og ha innverknad.

For å leggje til rette for ei frivilligheit som femner fleire, er det behov for å utvikle kunnskap og verkemiddel som kan føre til sosial utjamning i arbeidet med frivilligheit og folkehelse.

Dersom ein ikkje jobbar aktivt for å nå ut til fleire, kan frivilligheita i verste fall forsterke forskjellar. For at frivilligheita skal kunne hjelpe til folkehelse i alle lag av befolkninga, er det viktig å mobilisere nye grupper av frivillige. Blant mange som fell utanfor, kan økonomi vere eit hinder for å delta i frivilligheita, og med dette føre til at enkeltmenneske går glipp av ressursar, erfaringar og kompetanse som kan vere viktig for livsmeistring. Utstyr er eit anna hinder for at fleire kan delta i organiserte idretts- og friluftslivsaktivitetar.6

Veldig mange av dei som ikkje tek del i frivillig aktivitet, seier grunnen er at dei ikkje har blitt spurde, og denne prosentdelen har auka. Vi veit at nokre av dei som systematisk fell utanfor frivillig deltaking, er dei som ville hatt størst utbytte av å vere med i den fellesskapen organisasjonslivet gir.

Dette gjeld også barn og unge. Alt vi veit om betydninga av å delta i frivillig aktivitet, tilseier at ein av dei viktigaste jobbane vi gjer for å sikre det frivilligheitspolitiske målet om brei deltaking, er å sikre at barn og unge får høve til å delta.

Alle krefter må jobbe saman for at vi skal ha ein mangfaldig og open frivillig sektor i Noreg. Frivillige organisasjonar sit sjølve med mange av svara på korleis dette kan gjerast. Det handlar om å tenkje utanfor eigen vennekrets når nye frivillige skal rekrutterast. Det handlar om å sjå på mangfald som eit mål i seg sjølv fordi vi veit at det skaper meir aktivitet og nye rekrutteringsmoglegheiter. Det handlar om å vere open for og aktivt oppsøkje dei barn og unge som ikkje kjem til fotballtreninga eller korpsøvinga av seg sjølve, og som kanskje har foreldre som ikkje stiller opp på loppemarknaden eller hallvakta. Til sist handlar det om å av og til senke krava til profesjonalitet og opne for at det er mange måtar å gjere ting på. Alle kan ikkje gjere alt, men alle kan gjere noko. Frivillige organisasjonar må arbeide for å ha aktivitetar for alle som har lyst til å bidra. Dersom ikkje organisasjonar og andre fellesskapar senkar terskelen for deltaking, kan den sosiale og frivillige arenaen fort bli nok eit felt der ein må prestere.

Samtidig som vi må anerkjenne at det også finst spesialiserte oppgåver i regi av frivillige organisasjonar som krev eiga opplæring, og der ikkje alle kan bidra med alt.

Boks 5.1 Knekk inkluderingskoden!

Frivillighet Noreg har utvikla «Knekk inkluderingskoden» – ein inspirasjonsbank for mangfald i frivilligheita. Her kan organisasjonane lære av kvarandre og få tips til korleis ein kan få til eit større mangfald i organisasjonen.

www.inkluderingskoden.no

5.5 Rammevilkår for auka deltaking

5.5.1 Frie midlar

Statens viktigaste verkemiddel for å auke frivillig deltaking er å bidra til eksistensgrunnlaget til frivilligheita mellom anna gjennom økonomiske tilskotsordningar. Tilskot som er grunngitt med at frivilligheit og deltaking har ein eigenverdi, byggjer på ein tillit til at organisasjonane sjølve både ønskjer og veit best korleis dei skal skape brei deltaking. Ein legg altså til grunn at eit breitt rekrutterings- og aktivitetsgrunnlag er i eigeninteresse for organisasjonane. Det skaper sterke, mangfaldige og levedyktige organisasjonar som får medverknad og innverknad og styrkjer samfunnsrolla si.

Den statlege frivilligheitspolitikken skal ikkje bidra til å sementere eit organisasjonslandskap, men snarare leggje til rette for at mangfaldet kan vekse fram. Derfor vil denne regjeringa fokusere på å auke dei store, breie ordningane som ikkje legg for mykje føringar på organisasjonstype eller aktivitetstype, men som skaper grobotn nettopp for mangfaldet. Meirverdiavgiftskompensasjonsordninga er det fremste eksempelet på dette. Den nasjonale grunnstøtta til barne- og ungdomsorganisasjonar og Frifond er to andre. Les meir om dette i kapittel 6.

Lokale aktivitetsmidlar (LAM), som blei etablert med det målet å styrkje idrettsaktiviteten der han skjer – på lokalt nivå – er eit godt eksempel på betydninga til frie ordningar for deltaking. Ordninga var i 2018 på 367 millionar kroner, ein auke på 30 millionar frå året før. LAM-ordninga har auka med 203 millionar kroner sidan 2013. Det er ei ordning som er ubyråkratisk med stor fridom og mykje tillit. Ho går rett ut til lokale idrettslag, og ein sjekkar måloppnåing med evalueringar heller enn med omfattande rapportering. Ordninga har få føringar og gir handlingsrom for idretten til å prioritere grupper og tiltak som idrettslaga meiner vil auke deltaking i nærmiljøet. Måla for ordninga er å bidra til aktivitet og deltaking, understøtte den frivillige innsatsen og bidra til å halde kostnadene nede. I retningslinjene for ordninga er det presisert at likestilling og inkludering av barn og ungdom som i liten grad tek del i organisert idrett, skal sikrast i fordelinga av midlar. Dette kan mellom anna vere tiltak som rettar seg mot utøvarar med nedsett funksjonsevne, barn frå familiar med låg betalingsevne og jenter med minoritetsbakgrunn.

Hausten 2018 leverte Oslo Economics ein evalueringsrapport om LAM-ordninga.7 I rapporten står det at LAM-ordninga fungerer godt, og at dei gjeldande prinsippa for og innretninga av ordninga bør førast vidare. I evalueringa står det:

Vi opplever at frihetsgradene for tilpasninger lokalt i idrettsrådene er såpass store, og at de innspillene som er synliggjort i evalueringen i praksis kan ivaretas innenfor gjeldende regime. Det synes lite hensiktsmessig å overstyre dette med sentrale krav som gir sterkere føringer for disponeringen av midlene. Høy grad av lokale tilpasningsmuligheter ivaretar også at det er variasjoner i behov og ønsker på tvers av kommuner og idrettslag.

Ordninga ser ut til å fungere godt fordi det er rom for å gjere lokale prioriteringar og fordelingar av pengane. Det gir eit handlingsrom som gir lokalt ansvar, tillit og fleksibilitet.

Gjennom tilskot frå staten følgjer det eit ansvar. Frivillige organisasjonar er sjølve ansvarlege for å treffe nødvendige val og prioriteringar slik at flest mogleg kan delta. Dette er nødvendig for å bevare eigenverdien til frivilligheita, samtidig som det er med på å tryggje legitimiteten til frivillige organisasjonar. Dei demokratisk oppbygde medlemsorganisasjonane er ein viktig kanal for representasjon.

5.5.2 Målretta tilskot og tiltak

Fordi frivilligheita er ein så viktig ressurs innanfor ulike samfunnsområde, vil det i tillegg til ordningar med lite føringar vere behov for å målrette tiltak og tilskot når ein ser at det er enkelte grupper som systematisk ikkje tek del.

Dette er bakgrunnen for at deltaking i frivillig aktivitet og fritidsaktivitetar har vore ein eigen del av det arbeidet regjeringa gjer for å motverke barnefattigdom. Grunna dårleg økonomi og manglande inkludering blir somme barn hindra frå å delta. Regjeringa har sidan 2015 sett av midlar til å støtte tiltak som gjer det mogleg for fleire barn å delta i ferie- og fritidsaktivitetar. I 2018 blei det tildelt nesten 270 millionar kroner frå Nasjonal tilskotsordning mot fattigdom. I tillegg gav Kulturdepartementet 10 millionar kroner til innovative samarbeidsprosjekt mellom frivillige organisasjonar og kommunar for arbeid mot barnefattigdom.

Fafo har gjennomført ei evaluering av Nasjonal tilskotsordning mot barnefattigdom.8 Evalueringa viser at tilskotsordninga er viktig for utvikling av målretta tiltak i kommunane. Tilskotsordninga blir vurdert som nødvendig i arbeidet for å betre moglegheitene for deltaking på viktige arenaer for barn og unge med fattigdomsproblem. Det er eit breitt spekter av tiltak, og kommunane meiner at dei i stor grad lykkast med å gi tiltak som er opne for alle, ikkje-stigmatiserande og av god kvalitet. Ordninga prioriterer barn med innvandrar- og flyktningbakgrunn og barn og unge i familiar med rusproblem og/eller psykiske helseproblem.

Boks 5.2 Inkludering i idrettslag

Fleire av dei største byane i landet står overfor spesielle utfordringar knytte til å rekruttere barn og ungdom til idrettslaga. Undersøkingar viser at barn og ungdom med innvandrarbakgrunn, spesielt jenter, i mindre grad er medlemmer av idrettslag enn gjennomsnittet i befolkninga elles.

Tilskotsordninga Inkludering i idrettslag skal senke terskelen for deltaking frå barn og unge i idrett og fysisk aktivitet. Målet er at idrettslaga kan gi eit betre tilbod til jenter og gutar frå familiar med låg betalingsevne og familiar med minoritetsbakgrunn. Tilskotet skal brukast til tiltak retta mot barn (6–12 år) og ungdom (13–19 år) med innvandrarbakgrunn – med særleg vekt på jenter, og mot barn og ungdom frå familiar med låg betalingsevne.

Regjeringa har foreslått å fordele 18 millionar kroner til inkludering i idrettslag for 2019. Beløpet er 2,5 millionar kroner høgare enn tilskotet for 2018 (15,5 millionar).

Dette tiltaket er meint å bidra til ei breiare rekruttering som vil gjere idretten og frivillig sektor meir mangfaldig og meir tilgjengeleg for alle.

Frivilligheita har blitt viktigare i arbeidet mot konsekvensane av barnefattigdom og får stadig meir midlar frå ordninga. Om lag 60 prosent av tilskotsmidlane går til frivillig sektor, både som tilskot til små prosjekt i regi av lokale lag og foreiningar og i form av større tildelingar til landsomfattande tilbod.

Nasjonal tilskotsordning mot barnefattigdom er ei sentral målretta tilskotsordning som støttar opp om Fritidserklæringa. Sjå punkt 5.6.1.

Frivilligheita er også ein sentral integreringsarena. Gjennom at folk får høve til å vere med som frivillige, kan dei delta på lik linje med andre med same interesse, og dei kan få ein snarveg inn i det norske samfunnet. Dette er viktig for den enkelte, men også for samfunnet. Regjeringa vil syte for treffsikre tilskotsordningar til mangfald, inkludering og integrering som er enkle å forstå og nytte seg av.

5.6 Tilrettelegging for auka deltaking

5.6.1 Fritidserklæringa

Barn som veks opp i låginntektsfamiliar, skal ha dei same moglegheitene og den same fridommen til å kunne skape si eiga framtid som andre.

Fritidserklæringa er eit av mange tiltak som utgjer ein forskjell og styrkjer innsatsen for at alle barn og unge får høve til å vere med i organiserte fritidsaktivitetar – uavhengig av økonomien til foreldra. Tiltaket bidreg til ein betre situasjon for barna her og no. Deltaking i aktivitet bidreg til meistring og fellesskapskjensle, som er avgjerande å ha med seg vidare i livet.

Frivillige organisasjonar, KS og regjeringa signerte Fritidserklæringa 7. juni 2016. Målet er eit godt og langsiktig samarbeid for at alle barn og unge, uavhengig av foreldreøkonomien, skal kunne delta jamleg i fritidsaktivitetar saman med barn og unge på same alder. Erklæringa byggjer på FNs barnekonvensjon, som seier at barnet har rett til kvile og fritid og til å delta i leik og fritidsaktivitetar som passar for alderen til barnet. Barnet skal ha tilgang til eigna og like moglegheiter for kulturelle og kunstnariske rekreasjons- og fritidsaktivitetar.

Fritidserklæringa er eit tiltak som organisasjonar og offentleg verksemd ofte viser til i arbeidet for å gi barn gode fritidstilbod uavhengig av familieøkonomien. Fleire organisasjonar ønskjer å delta i arbeidet. Også mange, og stadig fleire, kommunar ser nytten av samarbeidet mellom organisasjonar og kommunar om å få fleire barn med i fritidsaktivitetar. Privat næringsliv deltek også i arbeidet. Fritidserklæringa kan enno forankrast i organisasjonar og kommunar over heile landet. Samarbeidet mellom offentleg verksemd, KS og organisasjonane synest formålstenleg og gjensidig nyttig, og regjeringa vil satse vidare på denne modellen.

Fritidserklæringa har vist seg å vere eit samarbeid som har henta fram entusiasme og verkemiddel i organisasjonane, kommunane og i nokon grad i næringslivet. Fritidserklæringa skal vere eit kreativt mangfald med engasjerte kommunar, organisasjonar og brennande eldsjeler, sosiale entreprenørar og frivillige krefter som gjer at alle barn, uavhengig av økonomien til foreldra kan delta jamleg i fritidsaktiviteter saman med venner.

5.6.2 Kompetansedeling

Mykje tyder på at frivillige organisasjonar i større og større grad finn saman for å løyse felles utfordringar. Dei siste tiåra har det vore ein sterk auke i talet på paraplyorganisasjonar i Noreg, frå rundt 30 i slutten av 1970-åra til over 300 i dag. Forskarane knyter denne veksten til auka differensiering og spesialisering i organisasjonssamfunnet og dermed større behov for koordinering og samarbeid, men også til behovet for saman å utvikle nye verktøy og nye inntektskjelder.9

Mange av paraplyorganisasjonane får statleg finansiering både i form av driftsstøtte og i form av meirverdiavgiftskompensasjon for frivillige organisasjonar. Staten er på denne måten med på å støtte opp om denne kompetansedelinga. Den største samanslutninga av frivillige organisasjonar er Frivillighet Norge, som blei oppretta i 2005. I dag er meir enn 300 organisasjonar som representerer meir enn 50 000 lag og foreiningar, medlem i Frivillighet Norge. LNU (Landsrådet for Noregs barne- og ungdomsorganisasjonar) er eit samarbeidsorgan for norske barne- og ungdomsorganisasjonar og har 97 medlemmar som til samen representerer meir enn 450 000 medlemskap.

Det finst også lausare nettverk der organisasjonar har funne saman for å løyse konkrete problemstillingar. Eit eksempel på dette er Nasjonal dugnad mot barnefattigdom, som blei etablert for å samle frivillige organisasjonar om eit felles mål: å bidra til å sikre inkludering og deltaking i fritidsaktivitetar for barn og unge i Noreg, uavhengig av den sosioøkonomiske statusen til dei føresette.

5.6.3 Frivillig.no – saman om rekruttering

I desember 2015 blei Frivillig.no eit felles digitalt rekrutteringsverktøy for frivillig sektor, lansert med støtte frå Kulturdepartementet, Oslo kommune, Gjensidige-stiftelsen og Sparebankstiftelsen DNB. Frå 2016 har «Kampanjen for økt fellesskap og sosial støtte» med støtte frå Helse- og omsorgsdepartementet vore ein del av satsinga. Ein er i gang med ei følgeevaluering av kampanjen, med sluttrapport planlagd i mars 2019.

Frivillig.no blir brukt av over 1800 ulike organisasjonar, lag, foreiningar, frivilligsentralar, kulturfestivalar og religiøse samfunn. Berre i 2017 kom det inn over 15 000 interessemeldingar i alle fylka i landet. Av dei som melde seg, var heile 40 prosent under 30 år, 35 prosent hadde aldri utført frivillig innsats før, og 25 prosent opplyser at dei har foreldre som er fødde utanfor Norden.

Regjeringa støttar Frivillig.no gjennom at den generelle støtta til Frivillighet Norge har auka. For 2019 har regjeringa foreslått å auke tilskotet med ytterlegare 1 million kroner.

5.6.4 Tilrettelegging for frivillig innsats frå det offentlege

Frivillig innsats og deltaking bidreg til å sikre menneske som står utanfor skule og arbeidsliv, sosial kontakt, arena for meistring og kompetanseheving og rammer i kvardagen. I større og større grad legg arbeidsgivarar også vekt på den uformelle arbeidserfaringa ved tilsetjingar. Dersom fleire deltok som frivillige mens dei stod utanfor det ordinære arbeidslivet, ville det kunne få positive verknader for den enkelte og for samfunnet.

Dessverre er det ein del som melder om at ulik grad av kunnskap om frivilligheit i det offentlege er ein barriere for frivillig innsats. Mellom anna har det kome innspel frå frivilligsentralar, organisasjonar og kommunar om at menneske som er sjukemelde, har opplevd å få beskjed om at dette ikkje kan kombinerast med frivillig innsats, eller at ein ikkje kan kombinere frivillig aktivitet og arbeidsløyse.

Regjeringa vil derfor understreke at noverande regelverk i stor grad opnar for at sjukemelde og arbeidslause kan delta i frivillig arbeid.10 Frå 1. januar 2018 blei lova om arbeidsavklaringspengar endra. Då blei det også opna for at frivillig arbeid kan sjåast på som arbeidsretta tiltak.11 Dagpengeregelverket er tydeleg på at deltaking i ulønt arbeid og sosiale tenester for funksjonshemja og eldre, besøksteneste, arbeid for humanitære og religiøse organisasjonar, idrettslag o.l. som normalt blir utført av medlemmer og frivillige utan godtgjersle, kan utøvast inntil fire dagsverk per veke utan at det påverkar retten til dagpengar. Slikt arbeid skal ikkje førast på meldekortet, noko som går fram av Navs rettleiing på nav.no om utfylling av meldekort for dagpengar. Fleire frivillige organisasjonar driv også arbeidsretta tiltak på oppdrag frå det offentlege. Frivillige organisasjonar bidreg med praksisplassar for dei som skal tilbake til arbeidslivet.

Frivillig aktivitet gir nettverk og dermed større moglegheiter til å kome inn i arbeidslivet. Frivilligheita er også ein arena for meistring som kan bidra til å gi den sjølvtilliten som skal til for å komme vidare. Regjeringa har teke initiativ til ein inkluderingsdugnad for å bidra til at fleire med nedsett arbeidsevne og/eller hol i CV-en kan komme over i faste, ordinære jobbar. Dugnaden skal bidra til å senke terskelen inn i arbeidslivet og gjere det lettare for arbeidsgivarar å tilsetje personar frå målgruppa. Staten skal gå føre og har sett eit mål om at fem prosent av nytilsette skal vere personar med nedsett funksjonsevne eller hol i CV-en. Vidare skal tilbodet for arbeidssøkjarar med psykiske lidingar og/eller rusproblem utviklast vidare og styrkjast, slik at fleire kan delta i arbeidslivet samtidig som dei får medisinsk oppfølging. Dugnaden skal også styrkje moglegheitene for opplæring slik at fleire kan kvalifiserast inn i arbeid.

Inkluderingsdugnaden inneber at offentlege og private aktørar jobbar saman for å få fleire med nedsett funksjonsevne og/eller hol i CV-en over i faste, ordinære jobbar. For at ein skal lykkast, må ein arbeide på tvers av sektorar og nivå. Det viktigaste arbeidet vil skje lokalt. Frivillige organisasjonar kan vere viktige bidragsytarar til at fleire kjem i jobb, både gjennom arbeidsretta tiltak og ved at dei inkluderer målgruppa for inkluderingsdugnaden i frivillig arbeid og aktivitetar, og i samarbeid med andre aktørar i inkluderingsdugnaden.

5.7 Regjeringa vil

  • Gjennom breie ordningar gi frivillige organisasjonar økonomiske rammevilkår som set dei i stand til å rekruttere og bevare eit mangfald av frivillige.

  • Halde fram med å gi støtte til målretta tiltak for å rekruttere menneske som ikkje deltek i frivillig aktivitet.

  • Halde fram med å støtte opp om frivillige initiativ og organisasjonar som fremjar erfaringsutveksling om ulike tiltak, og som fremjar inkludering av dei som ikkje deltek.

Fotnotar

1.

Andreasson, Ulf (2017)

2.

Fladmoe og Folkestad 2017

3.

Wollebæk, Dag; Sætrang, Synne & Fladmoe, Audun (2015)

4.

Wollebæk, Dag; Sætrang, Synne & Fladmoe, Audun (2015)

5.

Bakken, Anders; Frøyland, Lars Roar; Sletten, Mira Aaboen (2016)

6.

Breivik, Gunnar og Rafoss, Kolbjørn (2017)

7.

Oslo Economics (2018)

8.

Fløtten, Tone & Hansen, Inger Lise Skog (2018)

9.

Arnesen, Daniel (2018)

10.

https://www.nav.no/rettskildene/Rundskriv/8-4-arbeidsuf%C3%B8rhet

11.

https://www.nav.no/rettskildene/Forside/ Folketrygdloven/kapittel-11-arbeidsavklaringspenger

Til forsida